1 Den breie distriktspolitikken
1.1 Omtale av tiltak innanfor den breie distriktspolitikken
Omtala skal syne statleg innsats og tiltak under departementa sine budsjett som er viktige for å nå regional- og distriktspolitiske mål.
Mange landsdekkande ordningar er viktige for å nå dei regional- og distriktspolitiske måla. Det gjeld til dømes vegtiltak, høgare utdanning, forsking og utvikling, arbeidsmarknadstiltak og overføringar til kommunane. Desse er likevel ikkje tatt med i oversikta, fordi det er problematisk å skilje ut regional- og distriktspolitiske delar frå heilskapen.
For 2023 foreslår regjeringa at det blir løyvd om lag 1,3 mrd. kroner over programkategori 13.50. Dette må sjåast i samanheng med omfanget av den breie distriktspolitikken, som for 2023 utgjer om lag 57 mrd. kroner. Dette er ei auke på 11,7 pst., samanlikna med saldert budsjett for 2022.
Tiltaka er delt i to kategoriar:
Kategori A: Tiltak og ordningar som har grunngiving i distriktspolitiske mål, eller som favoriserer distriktsområde, ut over å jamne ut, for å oppnå likeverdige tilbod.
Kategori B: Tiltak og ordningar som skal jamne ut og kompensere mellom geografiske område, eller som er særleg viktige for verdiskaping, sysselsetjing eller busetjing i distriktsområde.
Økonomisk politikk utgjer om lag 43 pst. av innsatsen. Provenytapet av den differensierte arbeidsgivaravgifta er det største enkelttiltaket med 18,3 mrd. kroner.
Økonomisk politikk
Tabell 1.1 Økonomisk politikk
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
Differensiert arbeidsgivaravgift i privat sektor | FIN | A | inntektstap | 10 330 000 | 10 730 000 | 11 180 000 |
Differensiert arbeidsgivaravgift i offentleg sektor | FIN | A | inntektstap | 6 580 000 | 6 840 000 | 7 122 000 |
Næringspolitikk
Størstedelen av tabell 1.2 syner tilskotsordningar til landbruket. Viktige tiltak retta mot fiskerinæringa er også tatt med.
Landbruk er tradisjonelt ei av dei viktigaste næringane i distrikta. I dei årlege jordbruksoppgjera blir det forhandla om storleiken på tilskota til landbruket. Ein del tilskot innanfor landbruket har distriktspolitisk grunngiving, til dømes pristilskota for mjølk og kjøt og distriktstilskot for frukt, bær, grønsaker og poteter. Desse tilskota går derfor inn under kategori A.
Tabell 1.2 Næringspolitikk
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
Pristilskot mjølk | LMD | A | 1150/73.13 | 670 000 | 703 100 | 739 800 |
Pristilskot grøntsektoren | LMD | A | 1150/73.17 | 171 600 | 170 600 | 267 000 |
Pristilskot kjøt | LMD | A | 1150/73.15 | 1 449 000 | 1 447 500 | 1 683 535 |
Distriktstilskot egg | LMD | A | 1150/73.16 | 3 400 | 3 300 | 5 400 |
Driftstilskot mjølk og kjøt | LMD | B | 1150/74.11 | 1 678 900 | 1 762 000 | 2 483 700 |
Tilskot husdyr | LMD | B | 1150/74.14 | 2 611 900 | 2 807 300 | 4 069 645 |
Pristilskot ull | LMD | B | 1150/73.11 | 115 000 | 110 000 | 110 000 |
Areal- og kulturlandskapstilskot | LMD | B | 1150/74.17 | 3 569 300 | 4 258 100 | 5 360 500 |
Frakttilskot | LMD | B | 1150/73.18 | 405 350 | 400 100 | 441 300 |
Frådrag i positiv næringsinntekt for jordbruk | FIN | B | inntektstap | 783 200 | 795 600 | 795 600 |
Til gjennomføring av reindriftsavtala | LMD | B | 1151 | 148 337 | 164 500 | 180 000 |
Tiltak for berekraftig reindrift | LMD | B | 1142/71 | 4 795 | 4 500 | 5 000 |
Frådrag i positiv næringsinntekt for reindrift | FIN | B | inntektstap | 11 900 | 12 200 | 12 200 |
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) | LMD | B | 1150/50 | 132 000 | 147 000 | 170 000 |
Tilskot til drenering | LMD | B | 1150/50 | 68 000 | 68 000 | 68 000 |
Tilskot til dyreavl m.m. | LMD | B | 1150/77.11 | 98 133 | 96 145 | 106 245 |
Tilskot til regionale miljøprogram | LMD | B | 1150/74.19 | 551 100 | 601 100 | 786 100 |
Bedriftsretta midlar til investering og utvikling | LMD | B | 1150/50 | 664 500 | 879 500 | 1 150 500 |
Regionale tilretteleggingsmidlar | LMD | B | 1150/50 | 48 000 | 43 000 | 40 000 |
Skattefritak for investering i landbruket (IBU-midlar) under LMD | FIN | A | inntektstap | 118 469 | 131 138 | 235 645 |
Skattefritak for distriktsretta investeringsstøtte | FIN | A | inntektstap | 61 966 | 62 681 | 72 222 |
Høgare avskrivingssats for husdyrbygg | FIN | B | inntektstap | 40 000 | 40 000 | 40 000 |
Skogfondsordninga | FIN | B | inntektstap | 147 000 | 160 000 | 160 000 |
Direkte utgiftsføring av skogsveginvesteringar | FIN | B | inntektstap | 43 900 | 47 500 | 47 500 |
Låg skogfaktor i formuesskatten | FIN | B | inntektstap | 5 100 | 5 700 | 5 700 |
Rentestøtte – utbetalingar | LMD | B | 1150/50 | 25 000 | 10 000 | 30 000 |
Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket | LMD | B | 1150/50 | 97 000 | 112 000 | 162 000 |
Skogbruk | LMD | B | 1150/50 | 257 000 | 221 000 | 260 000 |
Administrasjonsstøtte for distriktsretta såkornfond | NFD | B | 2421/78 | 2262 | 975 | 0 |
Tilskot til kommunar og fylkeskommunar1 | NFD | B | 919/60 | 1 021 406 | 497 000 | 497 000 |
Tilskot til kommunale ungdomsfiskeprosjekt2 | NFD | B | 919/61 | 2 000 | 2 000 | |
Tilskot til næringstiltak i fiskeria | NFD | A | 919/75 | 16 186 | 16 800 | 28 800 |
Særfrådrag for fiskarar | FIN | B | inntektstap | 235 700 | 242 600 | 242 600 |
Berekraftig matproduksjon i nord3 | LMD | B | 1150/50 | 17 000 | ||
Arktisk landbruk3 | LMD | B | 1150/50 | 4 000 | 4 000 | |
Fjellandbruket | LMD | B | 1150/50 | 4 000 | 4 000 | 3 000 |
Regionale kompetansenettverk for lokalmat | LMD | B | 1150/50 | 14 700 | 12 700 | 14 700 |
Regionale tilskot til rekruttering og kompetanseheving | LMD | B | 1150/50 | 14 000 | 12 000 | 14 000 |
1 Kommunane og fylkeskommunane sin del av vederlag for tildelte oppdrettsløyve.
2 Flytta frå 900/75 til 919/61 i 2023.
3 Tilskot til arktisk landbruk er erstatta av ei eiga satsing på berekraftig matproduksjon i nord.
Infrastruktur
Satsing på samferdsle handlar mellom anna om å knyte landsdelar saman og å korte ned avstandar, kostnadar og reisetid mellom by og land. Ei satsing på samferdsle er soleis eit kraftfullt distrikts- og regionalpolitisk verkemiddel.
Tabell 1.3 syner fleire tiltak som skal bidra til å redusere ekstrakostnadar som følgje av avstandsulemper. I tillegg til tiltaka omtalt i tabellen er samferdslebudsjettet generelt, særleg riksvegløyvingane og tilskot til riksvegferjedrifta, eit vesentleg verkemiddel for å redusere distrikta sine avstandsulemper. Ferjetakstane er allereie blitt reduserte, og regjeringa foreslår å redusera dei ytterlegare. Ferjesamband på riks- og fylkesvegnettet med under 100 000 passasjerar årleg er blitt gratis.
Tabell 1.3 Infrastruktur
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
Kjøp av innanlandske flyruter1 | SD | B | 1310/70 | 1 199 647 | 828 500 | 942 100 |
Rentekompensasjon for transporttiltak i fylka | SD | B | 1320/61 | 95 971 | 150 200 | 414 000 |
Utbetring på fylkesvegar for tømmertransport | SD | B | 1320/64 | 11 333 | 20 500 | 21 000 |
Tilskot til fylkesvegar | SD | B | 1320/65 | 453 965 | 379 600 | 389 600 |
Tilskot til skulevegar og nærmiljø | SD | B | 1320/66 | 20 000 | 22 100 | |
Kjøp av sjøtransporttenester på strekninga Bergen–Kirkenes | SD | B | 1330/70 | 766 331 | 888 900 | 1 075 000 |
Kjøp av posttenester | SD | B | 1370/70 | 760 310 | 945 600 | 1 260 600 |
Tilskot til breibandutbygging | KDD | B | 541/60 | 364 082 | 304 648 | 412 685 |
Tilskot til telesikkerheit og -beredskap2 | KDD | B | 543/70 | 183 736 | 208 510 | 182 866 |
Funksjonell internettilgang og telefonteneste til alle | KDD | B | 543/71 | 10 000 | 10 284 | |
Tilskot til fiskerihamneanlegg3 | NFD | B | 916/60 | 16 099 | 35 200 | 36 100 |
Tilskot til overføring av gods frå veg til sjø3 | NFD | B | 916/70 | 21 866 | 32 400 | 33 300 |
Tilskot til effektive og miljøvenlege hamner3 | NFD | B | 916/71 | 43 352 | 95 500 | 98 200 |
Flaum- og skredførebygging | OED | B | 1820/22 | 233 842 | 255 300 | 263 000 |
Krise- og hastetiltak i samband med flaum- og skredhendingar | OED | B | 1820/25 | 93 690 | 150 000 | 110 000 |
Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald | OED | B | 1820/45 | 25 929 | 24 500 | 25 000 |
Tilskot til flaum- og skredførebygging | OED | B | 1820/60 | 48 732 | 110 000 | 113 000 |
Tilskot til flaum- og skredførebygging | OED | B | 1820/72 | 6 021 | 6 000 | 6 000 |
Tilskot til utjamning av overføringstariffar | OED | B | 1820/73 | 20 000 | 20 000 | 20 000 |
Tilskot til verdiskapingstiltak i skogbruket | LMD | B | 1149/71 | 64 172 | 61 174 | 51 000 |
Tilskot til grøn skipsfart | KLD | B | 1420/62 | 13 820 | 87 157 | 40 523 |
1 Saldert budsjett for 2022 og foreslått løyving for 2023 er betydeleg redusert samanlikna med rekneskap for 2021. Dette grunna tiltak i handteringa av koronapandemien i 2021.
2 Tilskotet våren 2022 auka med 55 mill. kroner, jf. Prop. 78 S (2021–2022), jf. Innst. 270 S (2021–2022). Aukinga er innarbeida i sum for 2022.
3 Flytta frå kap. 1360 til. kap. 970 i 2022 og endra til kap. 916 i 2023.
Velferd, oppvekst og miljø
Det er eit overordna mål at helsetenestetilbodet skal vere likeverdig, uavhengig av bustad, alder, kjønn og sosial status. Dette blir sikra gjennom midlar til spesialisthelsetenesta og gjennom rammeoverføringar til kommunesektoren.
Viktige tiltak er tilskot som skal bidra til å styrkje stabiliteten og rekrutteringa til allmennlegetenesta og andre helsetenester i distrikta. I tillegg blir det gitt eigne tilskot til apotek i utkantkommunar, for å sikre tilgang på medisinar.
For kultur syner tabell 1.4 ordningar som i hovudsak er knytte til tilbodet i distrikta og i landsdelar utanfor det sentrale Austlandet.
Generelle landsdekkande velferdsordningar, som arbeidsmarknadstiltak, er ikkje tatt med i oversikta.
Tabell 1.4 Velferd, oppvekst og miljø
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
Tilskot til apotek1 | HOD | B | 0717/70 | 6 800 | 5 800 | |
Rekruttering og fagleg utvikling i allmennlegetenesta | HOD | B | 0762/70 | 4 900 | 4 900 | 5 200 |
Forsøks- og utviklingstiltak innan tannhelsetenesta | HOD | B | 0770/70 | 110 000 | 114 000 | 124 000 |
Fraktrefusjonsordning for legemiddel1 | HOD | B | 717/70 | 2 500 | 3 500 | |
Sjukestovefinansiering, Finnmark | HOD | A | 0732/70 | 10 400 | 10 600 | 11 000 |
Tilskot LIS1-stillingar2 | HOD | B | 732/70 | 209 600 | 273 300 | 340 200 |
Tilskot til legevaktordning i distrikta | HOD | A | 732/63 | 50 000 | 50 000 | |
Landsdelsmusikarordninga i Nord-Noreg | KUD | A | 323/60 | 23 033 | 23 145 | 23 830 |
Musikk- og scenekunstinstitusjonar | KUD | B | 323/70 | 2 672 878 | 2 594 370 | 2 666 195 |
Det nasjonale museumsnettverket | KUD | B | 328/70 | 2 195 085 | 2 285 920 | 2 282 930 |
Riksteateret | KUD | B | 323/01 | 94 924 | 98 834 | 98 941 |
Riksteateret – turneverksemd | KUD | B | 323/21 | 62 286 | 64 458 | 66 046 |
Kulturtanken (tidl. Rikskonsertane) | KUD | B | 325/01 | 74 412 | 74 928 | 75 028 |
Regionale filmtiltak m.m. | KUD | A | 334/73 | 122 554 | 111 340 | 114 620 |
Film- og dataspeltiltak | KUD | A | 334/78 | 37 860 | 30 725 | |
Erstatning for beitedyr tatt av rovvilt | KLD | B | 1420/72 | 145 885 | 144 548 | 148 878 |
Førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga | KLD | B | 1420/73 | 80 426 | 79 575 | 73 575 |
Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål | KLD | B | 1420/21 | 242 870 | 274 449 | 284 257 |
Tilskot til kalking og lokale fiskeføremål | KLD | B | 1420/70 | 40 792 | 47 905 | 36 905 |
Verdiskaping på kulturminneområdet | KLD | B | 1429/77 | 8 232 | 8 446 | 8 446 |
Skogplanting | KLD | B | 1420/37 | 5 000 | 5 120 | 5 120 |
Restaurering av myr | KLD | B | 1420/38 | 17 090 | 21 090 | 36 090 |
Tilskot til klimatiltak- og klimatilpassing i kommunane3 | KLD | B | 1420/61 | 224 244 | 222 838 | 196 528 |
Tiltak i kommunar med ulverevir i Hedmark, Akershus og Østfold4 | KLD | B | 1420/65 | 20 560 | ||
Tilskot til bustadtiltak5 | KDD | A | 581/78 | 13 942 | 3 778 | 15 388 |
Omlegging av støtta til einslege forsørgjarar6 | BFD | B | 845/70 | 17 351 | 18 170 | 19 300 |
1 Løyvinga for 2023 blir avklart i tildelingsbrev.
2 Stilling for legar i spesialisering. Tilskotet inkluderar tilskot til reise- og flytteutgifter.
3 Ordninga blir avvikla frå 2023. Forslag til løyving i 2023 dekker forventa utbetalingar frå tilsagn gitt tidlegare år.
4 Ordninga er avvikla.
5 I 2023 skal minst 6 mill. kroner av løyvinga gå til bustadtiltak i distriktskommunar. I 2021 og 2022 gjekk heile løyva til bustadsosiale tiltak, og det var ikkje mogleg å søkje om tilskot til bustadtiltak i distriktskommunar.
6 Tala viser anslått endring for den utvida barnetrygda i 2023. Med omlegginga vil einslege forsørgjarar i Nord- Troms og Finnmark få støtte på lik linje med resten av landet. Meirutgiftane av omlegginga i 2023 er 1 120 mill. kroner.
Spesielle tiltak for tiltakssona i Troms og Finnmark fylke
Tabell 1.5 syner ei oversikt over viktige ordningar som berre gjeld for tiltakssona i Troms og Finnmark fylke. Dei viktigaste ordningane er innanfor skatte- og avgiftspolitikken. Den mest omfattande ordninga er fritaket for arbeidsgivaravgift, som kjem inn under den samla summen for differensiert arbeidsgivaravgift i tabell 1.1.
Tabell 1.5 Særskilde tiltak for Finnmark og Nord-Troms
(i 1 000 kr) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Politikkområde | Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
Økonomisk politikk | Lågare skatt på alminneleg inntekt1 | FIN | A | inntektstap | 740 000 | 730 000 | 760 000 |
Særskilde frådrag i alminneleg inntekt1 | FIN | A | inntektstap | 190 000 | 245 000 | 255 000 | |
Lågare sats trinn 3 i trinnskatt1 | FIN | A | inntektstap | 45 000 | 56 000 | 60 000 | |
Låg sats og fritak for el-avgift i tiltakssona | FIN | A | inntektstap | 340 000 | 295 000 | 295 000 | |
Frådrag i positiv næringsinntekt for skiferdrivarar i tiltakssona i Troms og Finnmark fylke | FIN | A | inntektstap | 1 100 | 1 200 | 1 200 | |
Utdanning | Ettergiving av utdanningslån | KD | A | 2410/73 | 128 179 | 128 186 | 173 922 |
Ettergiving av utdanningslån for kvalifiserte grunnskulelærarar i tiltakssona i Troms og Finnmark fylke | KD | A | 2410/73 | 7 003 | 7 003 | 7 003 | |
Levekår og offentlege tenester | Mediestøtte2 | KUD | A | 335/71 | 2 321 | 2 300 | 0 |
Gratis barnehagar | KDD | A | 571/60 | 77 200 |
1 Samspelsverknader gjer at inntektstapet av desse skattetiltaka sett under eitt er høgare enn kvar for seg. For dei tre tiltaka er samla inntektstap vurdert til høvesvis 1 010 mill. kroner, 1 080 mill. kroner og 1 120 mill. kroner for 2021, 2022 og 2023.
2 Distribusjonstilskot til aviser.
På fleire politikkområde er det etablert særordningar og prioritet i verkemiddelbruken for Nord-Noreg, i tillegg til ordninga for tiltakssona. Tabell 1.6 syner fordelen av fritak for meirverdiavgift på straum og rammetilskot i kommuneøkonomien. Postane under kap. 571 Rammetilskot til kommunar og kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar er nærare omtalte under programkategori 13.70.
Tabell 1.6 Tiltak som prioriterer Nord-Noreg og rammetilskot til kommunane
(i 1 000 kr) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Tiltak/ordning | Dep. | Kat. | Kap./post | Rekneskap 2021 | Saldert budsjett 2022 | Forslag 2023 |
0-sats for meirverdiavgift ved forbruk av elektrisk kraft og energi frå andre fornybare energikjelder i Nord-Noreg | FIN | A | inntektstap | 1 200 000 | 800 000 | 850 000 |
Rammetilskot til kommunane, Distriktstilskot Sør-Noreg | KDD | A | 571/61 | 808 012 | 808 128 | 837 275 |
Rammetilskot til kommunane, Distriktstilskot Nord-Noreg | KDD | A | 571/62 | 2 269 747 | 2 253 346 | 2 331 395 |
Rammetilskot til fylkeskommunane, Nord-Noreg-tilskot | KDD | A | 572/62 | 713 613 | 710 577 | 735 939 |