Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 200–289 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 1
Oversikt over budsjettforslaget frå Kunnskapsdepartementet

1 Hovudinnleiing

Dei siste 150 åra har Noreg hatt ei utvikling utan historisk sidestykke. Ein kontinuerleg auke i folketalet, på grunn av redusert barnedødelegheit og høgare gjennomsnittleg levealder – og i seinare år innvandring – har gått hand i hand med eit stigande kunnskapsnivå med utspring i tidleg allmenn deltaking i grunnskulen. Nærare vår tid har ein stadig større del av befolkninga fått vidaregåande og høgare utdanning. Det stigande kompetansenivået har gitt verdifull arbeidskraft som arbeidsmarknaden har nytta til aukande verdiskaping og økonomisk velstand.

Ny kunnskap og ei evne og vilje til å setje om dette til nyskaping og entreprenørskap endra både små bygdesamfunn og dei større byane då den første industrielle revolusjonen kom til Noreg. Dampmaskiner gav moglegheiter til utvikling i sagbruk og andre viktige industrielle verksemder som blei etablerte på den tida. Den teknologiske utviklinga fekk store konsekvensar for organiseringa av arbeids- og samfunnslivet og for kva utdanning og kompetanse folk trong.

Den teknologiske utviklinga og bruken av elektrisitet opna for nye industrielle omveltingar frå slutten av 1800-talet. Noreg hadde rikeleg tilgang på vasskraft og blei svært konkurransedyktig i kraftkrevjande industri. Nærare vår tid kom elektronikken og digitaliseringa, som har gitt heilt nye forretningsmodellar ved hjelp av automatisering, robotar, integrerte system og ulike internettbaserte løysingar. Ein eksplosjon i reknekraft frå nyskaping i maskinvare og datasystem har gitt nye produkt, tenester og former for kommunikasjon. Dette har endra heilt måten vi jobbar på, og kva kompetanse vi bruker.

Kompetansen og ferdigheitene i befolkninga har vore avgjerande for å delta i dei økonomiske skifta. Ein hadde òg god nytte av forsking og utviklingsarbeid for å utvikle dei nye teknologiane, anten for å ta i bruk løysingar frå eiga kunnskapsutvikling, eller for å ta i bruk kunnskap og teknologi frå utlandet. Samspelet mellom kompetanse, auka kjøpekraft og nyskaping har løfta Noreg til eit av dei mest økonomisk utvikla landa i verda.

Digitaliseringa etter 1980-talet har i stor grad endra arbeidsoppgåvene våre og måten vi jobbar på. Utbreiinga av digitale verktøy har omfatta alle næringar, frå jordbruk og fiske, via industri til tenestenæringane. ChatGPT blei lansert mot slutten av 2022 og syner at kunstig intelligens vil transformere samfunnet på ein grunnleggande måte. Det vil verke på alle sektorar, ikkje minst utdanning og forsking. Sjølv om bruken av kunstig intelligens først nyleg er blitt tilgjengeleg for allmenn bruk, er det liten tvil om at han vil styre mykje av utviklinga i kunnskapssektoren. Kunnskapsdepartementet har løyvd minst ein mrd. kroner til Noregs forskingsråd, fordelt over fem år, til eit forskingsprogram med oppstart i 2024. Programmet skal dekke forsking på teknologien kunstig intelligens, på digital tryggleik og på korleis dette påverkar nyskaping, utviklinga og samfunnet og dei som bur her. Det vil bidra til kunnskap som kan brukast til å utvikle reguleringar og krav for å redusere risikoen og moglege skadeverknader av slik teknologi. Slike reguleringar trengst både nasjonalt og internasjonalt.

Det er ei viktig oppgåve å finne gode modellar og regulering for bruk av kunstig intelligens i utdanningssystemet. Det opnar truleg for nye læringsmetodar, og det vil endre forståinga av kva kompetanse elevane og studentane treng eller har nytte av, men òg kva kompetanse som krevst for å nytte kunstig intelligens i det framtidige arbeids- og samfunnslivet. Det gir både utfordringar og moglegheiter for vurdering av læringsutbyte og for persontilpassa opplæring.

Mange yrke og arbeidsoppgåver vil bli sterkt påverka av dette. Kunstig intelligens vil endre kompetansebehova. Evna til å lære ny kunnskap og til omstilling er blitt endå viktigare enn før. Kunnskapsdepartementet følger utviklinga nøye for å utvikle ein framtidsretta politikk. No står vi overfor endringar som kan drive kunnskapssektoren i mange ulike retningar. Evna til rask omstilling er derfor ein verdifull eigenskap ved utdannings- og forskingssystemet.

Det er gjensidig påverknad mellom tilbod og etterspurnad i arbeidsmarknaden. Kompetansebehova blir uttrykte gjennom arbeidsgivarane og dei stillingane dei vil fylle, men samstundes er det eit samla kompetansetilbod av tilgjengeleg arbeidskraft som definerer kva for aktivitet som kan gjerast. Desse to følger kvarandre tett og påverkar kvarandre i eit velfungerande kompetansesystem.

Kunnskapssamfunnet blir endå viktigare

Kompetanse er summen av fleire omgrep, som kunnskap, ferdigheiter og forståing, men også eigenskapar, haldningar og verdiar. Samspelet mellom desse elementa gjer det mogleg å løyse oppgåver og meistre utfordringar. Kompetanse er sett saman av både kognitive komponentar, kreativitet og sosiale og emosjonelle ferdigheiter. Dei sistnemnde er viktige fordi dei set oss i stand til å samarbeide godt med andre og bidreg til å finne løysingar og ta sjølvstendige avgjerder, og dei skaper kraft til omstilling når det trengst.

Desse ferdigheitene og denne kompetansen blir bygde gjennom deltaking i eit langt og samansett utdanningssystem, frå barnehage til livslang læring. Allmenn deltaking i det offentlege utdanningssystemet gjennom daglege møte bidreg til eit samfunn med mindre skilnader og betre moglegheiter for alle. Men det gir òg større nærleik og forståing mellom grupper. Regjeringa legg stor vekt på fellesløysingar og ein einskapleg skule for alle og ønsker at alle elevar skal kunne gå på skule saman med barn frå nærmiljøet.

Det 18-årige utdanningsløpet for barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring skal legge til rette for at alle barn og unge får like moglegheiter til å leve meiningsfulle liv. Noreg har ein lang tradisjon i å gjere utdanning tilgjengeleg for alle, uavhengig av sosial bakgrunn, klasse og geografi. Den norske grunnopplæringa skal vere blant dei som presterer best og er mest likeverdige i verda. Opplæringa skal bidra til eit berekraftig samfunn med små skilnader og høg tillit.

Barnehagen skal, i samarbeid og forståing med heimen, vareta barna sine behov for omsorg og leik og fremje læring og danning som grunnlag for ei allsidig utvikling. Gode barnehagar kan bety mykje for at det einskilde barnet får ein god barndom, samstundes som det betyr mykje for moglegheitene barnet får vidare i livet, både i skulen og i arbeidslivet. Å gi alle barn eit godt barnehagetilbod er derfor noko av det viktigaste vi kan gjere som samfunn. Barnehagen legg grunnlaget for ein god oppvekst bygd gjennom ei heilskapleg tilnærming til barna si utvikling.

Skulefritidsordninga (SFO) er eit viktig tilbod til alle barn frå dei byrjar på skulen, og skal bidra til ein god og trygg overgang frå barnehage til skule. SFO skal ta vare på barna og imøtekome behovet deira for omsorg, tryggleik, trivsel, tilhøyrsel og anerkjenning. På SFO skal barna få rik moglegheit for meiningsfull fritid og leik, trivsel og glede i både sjølvvald leik, kultur og tilrettelagde aktivitetar. Deltaking i SFO styrker og utvidar dei positive verknadane av barnehagen knytt til oppvekst og utvikling. SFO skal bygge praksisen sin på grunnleggande verdiar som er felles for barnehagen og opplæringa. Verdigrunnlaget skal formidlast og praktiserast i alle delar av arbeidet i SFO og prege innhaldet og arbeidsmåtane.

Fellesskulen er ein del av grunnmuren i den norske velferdsstaten. Det at alle møtest i dei same klasseromma og går gjennom det same opplæringsløpet er med på å bygge eit samfunn med høg tillit, små skilnader og stor omstillingsevne. Grunnskulen er kjernen i utdanningssystemet og har som formål å gi danning og utdanning til alle. I skulen utviklar elevane kompetanse som dei treng for å leve eit godt liv og for å lykkast i vidare utdanning. Dette er òg avgjerande for å delta i samfunns- og arbeidslivet. Skulen skal bidra til å utvikle heile menneske med verdiar og haldningar som er i tråd med verdigrunnlaget i skulen, og som støttar opp under vidareutviklinga av eit godt demokratisk samfunn.

Det norske arbeidslivet er høgkompetent og ei fullført vidaregåande opplæring er blitt ein føresetnad for ein stabil og varig tilknyting til arbeidslivet. Fagutdanna arbeidskraft er viktig for arbeidsmarknadene og samfunnets kompetansebehov. Derfor må flest mogleg fullføre vidaregåande opplæring. Fullføringsgraden har auka i dei seinaste åra, men han må bli endå høgare. Den nye opplæringslova som etter planen trer i kraft hausten 2024, gir mellom anna alle ein rett til opplæring fram til dei har fullført vidaregåande opplæring. Det vil vere avgjerande for mange og bidra til høgare fullføringsgrad på sikt. Lova gir òg rett til yrkesfagleg rekvalifisering, som inneber ein rett til fag- og yrkesopplæring for personar som har studie- eller yrkeskompetanse frå før.

Høgare yrkesfagleg utdanning er eit tilbod om vidare utdanning og meir kompetanse for dei som har fullført vidaregåande opplæring. Fagskulane arbeider tett saman med arbeidslivet og evnar å tilpasse innhaldet i utdanningane til behova i arbeidslivet. Fagskulane skal tilby og utvikle fleksible og tilgjengelege utdanningar, slik at dei som er i arbeid, kan oppdatere og utvikle kompetansen sin.

Ein veksande del av ungdomskulla tek høgare utdanning, slik er det òg i dei andre OECD-landa. Dei med høgare utdanning har større sjansar på arbeidsmarknaden og får som regel gode og relevante jobbar. Dette er viktig for utviklinga og velferda til den einskilde.

Utdanningsløpet skal gi større moglegheiter for den einskilde og mindre skilnader for samfunnet. Tidlegast mogleg innsats er svært viktig i arbeidet med å redusere dei sosiale skilnadene i samfunnet og skape betre moglegheiter for alle.

Med mange kompetente fagarbeidarar og personar med høgare utdanning i arbeidsmarknaden er det attraktivt å etablere verksemder som treng slik kompetanse. Ein høgt utdanna arbeidsstyrke gir derfor gode rammevilkår for næringslivet. Det gir arbeidsplassar med høg verdiskaping og mange positive ringverknader for samfunnet. Høgare utdanning og forsking er viktige for omstilling og økonomisk utvikling. Denne kunnskapen gir impulsar til næringar og verksemder i heile landet.

Forsking gir ny kunnskap og innsikt som er nødvendig for å løyse dei mange teknologiske og samfunnsmessige utfordringane vi står overfor. Mange av dei er felles for alle land og må løysast gjennom internasjonalt samarbeid. Aktivt engasjement i internasjonale forskarnettverk og deling av kunnskap medverkar til det. Vi veit ikkje alltid kva for utfordringar vi vil møte i framtida. Samtidig kan det finnast løysingar og kunnskap som vi ikkje er medvitne om i dag. Langsiktig, grunnleggande forsking er avgjerande for at vi skal kunne møte globale utfordringar på best mogleg vis. Dette krev at vi evnar å bygge gode, solide fagmiljø og rekruttere og behalde dei beste forskarane, og sikrar langsiktige og stabile vilkår for vitskapleg tilsette. Ei god kopling mellom forsking og utdanning står òg sentralt.

Vi lever i ei ustabil tid, med ein pågåande krig nær oss i Europa. I fleire delar av verda aukar presset på demokratiske verdiar og den frie tanken. Utdanning skal fremje oppslutning om demokratiske verdiar og demokratiet som styreform. Klimakrisa er akutt og krev inngripande tiltak, men òg ny kunnskap og teknologi som gjer det mogleg å redusere utsleppa av klimagassar kraftig. Globalt samarbeid og deling og utveksling av kunnskap er blitt endå viktigare enn før. Gjennom opplæringa skal elevane utvikle kompetanse som gjer dei i stand til å ta ansvarlege val og handle etisk og miljøbevisst. Elevane skal få forståing for at handlingane og vala til den einskilde betyr noko.

Alle har godt av å utvikle seg, utvide kunnskapen og innsikta si og lære heile livet. Det gir meining til den einskilde og næring til refleksjon og felles verdiar som forståing og toleranse. At alle har høve til å delta i læringsaktivitetar heile livet, er òg viktig for arbeidslivet, fordi lærande menneske har større fleksibilitet og kan tilpasse seg nye kompetansebehov raskare. Kompetansebehova endrar seg raskt, og gode høve til livslang læring er ein føresetnad for omstilling.

Humankapitalen er Noregs mest verdifulle ressurs. Kunnskapsdepartementets ansvar spenner over heile det formelle utdannings- og forskingssystemet og kompetansepolitikken som gir alle sjansen til å utvikle humankapitalen sin heile livet. Bruker vi desse ressursane godt, vil samfunnet òg utvikle seg i riktig retning. Då må flest mogleg i arbeidsfør alder ta del i arbeidslivet og få oppgåver der kompetansen deira blir brukt godt. Slike jobbar bidreg mest til verdiskapinga i Noreg og til finansiell berekraft. Det gjer det mogleg å vidareutvikle velferdsstaten. Høg kompetanse i befolkninga skal framleis vere blant Noregs sterkaste fortrinn i åra framover.

Demografiske trendar gir nye utfordringar

Noreg har i mange tiår hatt ei utvikling som har gjort det til eit attraktivt land å bu i, det har vore relativt høg arbeidsinnvandring og befolkningsvekst. I fleire hundre år har talet på personar i arbeidsfør alder auka kvart einaste år. Saman med auka deltaking i arbeidsmarknaden for kvinner og langvarig produktivitetsvekst har det gitt Noreg ein betydeleg og langvarig økonomisk vekst og ei positiv utvikling. Funn og utvikling av petroleumsressursane har bidrege ytterlegare til statens inntekter og til finansiering av ein omfattande velferdsstat.

Dei store ungdomskulla fødde etter den andre verdskrigen og høgare gjennomsnittleg levealder vil gi oss mange fleire eldre i Noreg i åra framover. Det er bra at folk lever lenge, men dei mange eldre gir eit sterkt auka behov for helse- og omsorgstenester. Desse utfordringane har vore kjende lenge, men det er først no framover at talet på personar over 80 verkeleg vil stige. Mellom 2023 og 2040 vil talet på personar over 80 år doble seg, til nær ein halv million. Men det er eit anna trekk ved den demografiske utviklinga som gir grunn til større bekymring: Demografimodellane til Statistisk sentralbyrå har beregna at talet på personar i arbeidsfør alder stoppar opp, før det frå midten av 2030-åra faktisk vil falle. Utover mot 2060 vil truleg talet på personar i yrkesaktiv alder bli vidare redusert.

Den demografiske utviklinga er særs utfordrande i distrikta. Mange unge frå små kommunar dreg til større byer etter vidaregåande skule for å ta vidare utdanning, og seinare jobbe der. Dei unge vaksne som får barn, bur derfor i stadig større grad i sentrale strøk. I dei små desentraliserte kommunane blir dermed aldringa større i befolkninga og delen unge mindre. I desse kommunane utgjer omsorgstenestene ein aukande del av dei kommunale budsjetta og legg beslag på ein stor del av dei sysselsette. Meld. St. (2020–2021) Perspektivmeldingen 2021 viser at i dei minst sentrale kommunane vil talet på sysselsette per pensjonist over 67 år falle frå 2,5 i 2018 til under 2 i 2030 og vidare til 1,5 i 2040, medan andelen vil vere nærare 3 i dei mest sentrale kommunane i 2040.

Desse to demografiske utviklingstrekka gir særskilde utfordringar. Ei rekke offentlege utgreiingar våren 2023 har sett søkelys på dette. Dei peikar på at er det er mangel på folk, ikkje pengar, for å løyse oppgåvene i Noreg. Det vil bli større knappheit på arbeidskraft i åra framover enn vi har sett så langt. Utgreiingane gir uttrykk for frykt for at vi vil mangle kompetent arbeidskraft i helse- og omsorgstenestene, i energisektoren, for å greie det grøne skiftet og for å styrke forsvaret og beredskapen. Det vil bli mangel på fagarbeidarar, ingeniørar og spesialistar med IKT-kompetanse for å løyse stadig meir digitaliserte oppgåver i ei rekke næringar.

Det er ein særs stram arbeidsmarknad no, og utviklinga gir grunn til å frykte at mangelen på arbeidskraft vil bli større. Derfor er det avgjerande at effektiviteten og produktiviteten aukar, i alle sektorar og på alle nivå. Flest mogleg må mobiliserast for ein jobb i arbeidslivet, og dei sysselsette bør nyttast til oppgåver der kompetansen deira gir høg produktivitet. Dei sysselsette treng endå høgare kompetanse og betre ferdigheiter enn i dag, så kvaliteten og kapasiteten på utdanningssystemet må aukast.

Å auke sysselsetjinga blir krevjande. Vi har aukande sjukefråvær og antal uføretrygda, trass i høg politisk merksemd om dette. Noreg er på toppen blant OECD-landa i høgt sjukefråvær og talet på uføre. Derfor er det eit potensial for å auke sysselsetjinga noko. Det er òg nødvendig å auke arbeidsinnsatsen til dei som allereie er sysselsette, med lengre gjennomsnittleg arbeidstid og tiltak som reduserer tidleg avgang frå arbeidslivet, samstundes med større moglegheiter for å stå lenger i jobb. Pensjonsreforma legg opp til det. Ein viktig oppgåve blir å mobilisere arbeidskraft frå reservearbeidsstyrken.

Meir kunnskap og kompetanse gir høgare produktivitet

Det er fleire løysingar på utfordringane som er skisserte ovanfor på Kunnskapsdepartementets område. Det blir nødvendig å forbetre kvaliteten i utdanningssystemet ytterlegare, i heile spekteret frå barnehage til høgare utdanning. For å handtere utfordringane med endra kompetansebehov og mangel på arbeidskraft bør kunnskaps- og kompetansenivået til elevar og studentar hevast. Fleire vaksne bør delta i læringsaktivitetar på og utanfor jobben for å auke kompetansen, aller helst for å få kompetanse som det er mangel på i arbeidsmarknaden.

Demografiutfordringane gjer at det blir fleire oppgåver i offentleg sektor samstundes med at det blir færre yrkesaktive. Høgare kompetanse i befolkninga og arbeidsstyrken vil gi høgare produktivitet samla sett og gjere det mogleg å løyse fleire oppgåver med færre folk.

Det ligg òg eit stort potensial i å utløyse auka produktivitet og verdiskaping og utvikle effektive løysingar gjennom å utnytte og utvikle kunnskap frå forsking og nyskaping. Slik kunnskap kjem frå langsiktig og relevant forsking av høg kvalitet, frå nyskaping og kreativt entreprenørskap. Kunnskapen blir ofte til i eit samspel mellom partar ved universitet og høgskular, i instituttsektoren og næringslivet, ofte med impulsar og løysingar frå internasjonale kunnskapsmiljø. Gode rammevilkår gjennom langsiktige og føreseielege forskingsprogram og satsingar er viktig for å utløyse dei beste resultata hos forskarane og nyskaparane.

1.1 Mål, utfordringar og ambisjonar

Kunnskapsdepartementet har tre overordna mål:

  • Kunnskap legg grunnlag for demokrati, velferd, omstilling og berekraft.

  • Samfunnet og arbeidslivet har tilgang på relevant kompetanse.

  • Kunnskapssektoren utjamnar sosiale og geografiske skilnader.

Dei tre hovudmåla skildrar samfunnsoppgåva til Kunnskapsdepartementet. Måla handlar om at alle får utnytta evnene sine, og at samfunnet får den kompetansen som trengst for omstilling til det grøne skiftet, til utvikling av velferdssamfunnet, til utjamning av skilnader og til ivaretaking av demokratiet.

I tillegg til dei tre overordna måla har Kunnskapsdepartementet sett opp åtte undermål som er meir konkrete. Budsjettkapitla i del II utdjupar tiltaka regjeringa ønsker å bruke for å oppnå måla, innanfor barnehagen, grunnskulen, vidaregåande skule, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning, forsking og kompetansepolitikk.

Figur 1.1 Mål for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2024

Figur 1.1 Mål for Kunnskapsdepartementet for budsjettåret 2024

Kunnskap legg grunnlag for demokrati, velferd, omstilling og berekraft

Opplæringslova understrekar at formålet med opplæringa mellom anna er å gi elevane innsikt i kulturelt mangfald og respekt for overtydinga til den einskilde. Elevane skal lære å både tenke og handle kritisk og miljøbevisst, og dei skal utvikle kompetanse i å meistre livet sitt for å kunne delta i arbeids- og samfunnslivet.

Opplæringa skal gi elevane forståing av og innsikt i demokratiet. Kunnskapen bidreg til at barna og ungdommen sluttar opp om dei grunnleggande demokratiske prinsippa og får verdiar som gjensidig respekt, toleranse og ytringsfridom. Det gir ei forståing av verdien av deltaking i samfunnet og kor viktig det er å ha eit levande demokrati med respekt for mindretal, urfolk og etniske og religiøse minoritetar. Deltaking i elevråd og andre demokratisk valde organ gir elevane røynsle med aktiv deltaking og forståing av at alle kan og bør bidra til val og til å respektere demokratiske avgjerder. Slik kan unge lære å bli deltakande og ansvarlege borgarar.

Skulen bidreg til at elevane utviklar nysgjerrigheit, kritisk sans og etiske verdiar. Dette er blitt endå viktigare dei seinaste åra, i takt med at det både i Noreg og i verda utanfor har blitt ein auke i falsk informasjon, «alternative nyheiter» og konspirasjonsteoriar. For å få ny kunnskap og kompetanse må elevane balansere mellom tillit til institusjonar og medmenneske og kritisk haldning til informasjon og kunnskap. Det krev evne til utforsking, analyse og refleksjon hos elevane, i samarbeid med lærarane og skulen.

Opplæringa skal bidra til at elevane utviklar respekt for naturen og bevisstheit om klima- og miljøutfordringar. Elevane får kunnskap om og forståing av korleis menneske og deira levesett påverkar nærmiljøet og kloden, og betydninga av å ta vare på miljøet. Globale klimaendringar, menneskeskapt påverknad på naturen og forureining er blant dei største truslane i vår tid. Dei unge må få kunnskap, etisk bevisstheit og teknologi som hjelper dei med å finne løysingar for å redusere utslepp av miljøfarlege gassar og stimulere til større naturmangfald.

Skulen bidreg til å gi elevane glede over å skape og utforske og eit engasjement for å omsetje idear til handling. Kreativitet inspirerer til nyskaping og entreprenørskap, evne til å uttrykke seg på ulike vis og til å stille spørsmål og løyse problem. Dette er viktige eigenskapar for den einskilde, men òg for arbeidslivet og samfunnet , som då kan utvikle seg godt.

Det er behov for å forske målretta for å utvikle ny og betre kunnskap om demokrati, velferd, omstilling og berekraft. Dette omfattar forsking på samfunnsspørsmåla om utvikling av demokratiet og velferda og kva som trengst for å makte omstillinga til eit grønare samfunn. Men det er òg store uløyste tekniske spørsmål som må omsetjast i konkrete, praktiske løysingar. Det trengst både fri forsking og meir styrt forsking mot konkrete oppgåver. Viktigare enn nokon gong er deltaking i internasjonale forskingsmiljø og at vi evnar å ta i bruk kunnskap utvikla i andre land.

Samfunnet og arbeidslivet har tilgang på relevant kompetanse

I internasjonal målestokk har Noreg ein kompetent arbeidsstokk, med høg sysselsetjing og særs låg arbeidsløyse. Det er relativt høg likestilling, mellom kjønn, mellom etniske grupper og etter andre skiljelinjer, og Noreg er blitt eit mangfaldig samfunn.

Regjeringa vil bidra til at samfunnet og arbeidslivet har tilgang på relevant kompetanse. Det gjeld særleg fagarbeidarar og kandidatar frå fagskular, høgskular og universitet. Manglar på arbeidskraft hemmar føretak og økonomisk verksemd, bremsar eller hindrar nyskaping og gjer det krevjande å etablere verksemd i nye marknader eller utvikle nye produkt eller tenester. Slik går entreprenørar og heile samfunnet glipp av økonomisk vekst og moglegheiter, og økonomien blir mindre enn han kunne ha vore. Mangel på kompetanse og arbeidskraft gjer det krevjande å realisere det grøne skiftet, fornye energisystemet og styrke forsvaret og beredskapen i Noreg, slik det er brei politisk semje om.

Kompetansebehovsutvalets temarapport om kompetanseutfordringar for grøn omstilling (2023) viser til NAVs bedriftsundersøking, som fann at om lag ein firedel av norske føretak har prøvd å rekruttere i minst tre månader utan å få tak i rett kompetanse. Talet var endå høgare i 2022. Dei udekte behova er størst i helse- og omsorgstenesta, med bygg og industriarbeid på plassane bak. Det er venta høgast framtidig vekst i næringa informasjon og kommunikasjon. Ei utgreiing gjord av NIFU for kompetansebehovsutvalet stadfestar dette bildet, men dei undersøkte føretaka trur at omstillinga vil gå endå raskare i åra framover på grunn av det grøne skiftet. Analysen syner forventningar om størst mangel på ingeniørar, personar med IKT-kompetanse og fagarbeidarar.

Som omtala over vil den demografiske utviklinga etter alt å døme forsterke mangelen på arbeidskraft i åra framover. Barnekulla blir mindre, samstundes har ei aldrande befolkning behov for mange arbeidsintensive velferdstenester. For å sikre tilgang på relevant kunnskap i framtida blir det derfor viktigare at dei utdanningsval vi gjer i tida framover, er i samsvar med behova i arbeidsmarknaden. God karriererettleiing, høg kvalitet i utdanninga og andre tiltak som førebygger fråfall frå vidaregåande opplæring og høgare utdanning, vil bli endå viktigare. Dette kjem i tillegg til verdien av utdanning og kompetanse for den einskilde.

Mangelen på samiskspråkleg kompetanse er den største utfordringa for å kunne gi gode tenester til den samiske befolkninga, jf. Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv. Regjeringa vil prioritere å bygge kompetanse som gir eit betre grunnlag for samisk språkopplæring og opplæring på samisk i framtida.

Kunnskapssektoren jamnar ut sosiale og geografiske skilnader

Det er høg deltaking i barnehagen og SFO, og regjeringa sørger for at prisane for slike tilbod blir reduserte. Grunnskulen, vidaregåande opplæring og høgare utdanning er gratis, og delen av befolkninga som oppnår fag- eller sveinebrev og høgare utdanning, stig. Kunnskapssamfunnet breier om seg og omfattar stadig fleire.

Det er likevel store sosiale og geografiske skilnader i Noreg. Kvar ein er fødd, og kven foreldra er, påverkar i for stor grad moglegheitene ein har for utdanning, for arbeid og for å skape seg eit godt liv. Barnehagar, SFO og ein felles skule for alle barn, uavhengig av sosial og geografisk bakgrunn, er blant dei mest effektive verkemidla for å jamne ut sosiale skilnader. Minoritetsspråklege barn har lågare deltaking i barnehagen og SFO enn andre. Det kan gi desse barna ein dårlegare start i utdanningssystemet. Regjeringa ønsker derfor å jamne ut deltakinga i barnehagen og SFO.

Det er viktig for fellesskapet at barn og unge med ulik bakgrunn går i same skule og lærer saman. Fellesskulen bidreg til sosial mobilitet og mindre skilnader. Skulen er òg ein møteplass for barna og familiane deira og ein arena for samhald som aukar forståinga og reduserer motsetnadene mellom grupper i lokalsamfunna.

Delen med høgare utdanning i befolkninga varierer regionalt. Det er eit uttrykk for skilnader i kompetansebehov som følger av regionale variasjonar i næringsstruktur. Skilnader i utdanning kan òg forklarast med ulike regionale tradisjonar og varierande utdanningstilbod.

Regjeringa vil ha eit meir likeverdig utdanningstilbod og ønsker ein god balanse av studiestadar for fagskular, høgskular og universitet i alle delar av landet. Ei lang rekke fleksible og desentraliserte studietilbod aukar og utfyller utdanningstilbodet frå dei ordinære studiestadene. Dei trengst for personar som har jobb, eller som av andre årsaker ikkje ønsker å forlate heimstaden sin for å studere.

Dei aukande sosiale og økonomiske skilnadene i landet har samansette årsaker og krev at vi har heilskaplege løysingar. Innsatsen retta mot barn, unge og familiane deira er viktig for å gi alle eit godt utgangspunkt og like moglegheiter i utdanning og arbeids- og samfunnslivet. Derfor vil regjeringa legge fram ei stortingsmelding om sosial mobilitet og sosial utjamning for barn og unge og familiane deira.

Regjeringa vil ha ein fellesskule som er så variert og god at alle elevar kan trivast, lære og utvikle seg. Regjeringa vil legge fram ei stortingsmelding om 5.–10. trinn som har som hovudmål å styrke elevane sin motivasjon, meistring, læring og utvikling, mellom anna gjennom å legge betre til rette for at elevane skal oppleve ein meir praktisk og variert skule.

Hovudprioriteringar for 2024

Barnehagar

  • Alle skal ha høve til å ha barna i barnehage. I tillegg til nominell vidareføring av maksimalprisen frå 1. januar 2024, foreslår regjeringa ei historisk satsing for å redusere kostnadene for barnehageplass: frå 1. august 2024 foreslår regjeringa å redusere maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehage til 2 000 kroner per månad.

  • Regjeringa foreslår å ytterlegare redusere maksimalprisen for foreldrebetaling for barn som bur i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6, som inneber at maksimalprisen frå 1. august 2024 blir på 1 500 kroner per månad.

  • Regjeringa foreslår å vidareføre ordningane med gratis barnehage for tredje barn i familien som går i barnehage samstundes, og gratis barnehage for alle 1–5-åringar i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms som begge vart innførte hausten 2023.

  • Regjeringa foreslår å vidareføre moderasjonsordninga som inneber at ingen skal betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som øvre grense.

  • Regjeringa foreslår å vidareføre ordninga med 20 timar gratis kjernetid i barnehage per veke for barn i alderen 2–5 år i familiar med låg inntekt, og å fastsetje inntektsgrensa for ordninga til 642 700 kroner frå 1. august 2024.

  • Regjeringa vil at alle som arbeider i barnehagen, skal ha god og relevant kompetanse. Departementet foreslår å løyve om lag 790 mill. kroner i 2024 på tiltak for å fremje kvaliteten og kompetansen i barnehagane. Om lag 260 mill. kroner av dette vil gå til den regionale ordninga for kompetansetiltak.

  • Utdanningsdirektoratet har sidan 2018 forvalta eit øyremerkt tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn. Regjeringa foreslår å løyve 23,5 mill. kroner til tilskotet i 2024.

  • I 2022 blei det oppretta eit øyremerkt tilskot til auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område. Regjeringa foreslår å løyve 80 mill. kroner til tilskotet i 2024.

Grunnopplæringa

  • I samband med stortingsmeldinga om 5.–10. trinn foreslår departementet å løyve 127 mill. kroner til ei tilskotsordning for utstyr og læringsarenaer for meir praktisk, variert og relevant læring i skulen.

  • Departementet foreslår også å innføre ei ny åtteårig rentekompensasjonsordning med ei total ramme på 8 mrd. kroner til kommunane for investeringar i læringsarenaer og større utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring.

  • Arbeidet med trygt, godt og inkluderande skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring, er eit prioritert område for regjeringa. Derfor foreslår regjeringa å styrke innsatsen med 25 mill. kroner, i tillegg til 10 mill. kroner som skal gå til å styrke det førebyggande arbeidet med skulemiljøsaker hos statsforvaltarane.

  • Regjeringa vil at alle barn skal ha høve til å delta i SFO, og frå hausten 2023 er tilbodet om 12 timar gratis SFO per veke utvida til også å omfatte 2. trinn. Tilbodet blir vidareført i 2024. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 10 mill. kroner i 2024 til auka kompetanse for tilsette i SFO.

  • Regjeringa foreslår å løyve ytterlegare 40 mill. kroner til å styrke oppfølginga av strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule, til totalt 85 mill. kroner.

  • For å bidra til auka leseferdigheiter og leseglede blant barn og unge vil regjeringa setje av 20 mill. kroner til fleire tiltak i samband med ein ny leselyststrategi. I tillegg held regjeringa fram styrkinga av tilskotet til skulebiblioteka, og aukar løyvinga med ytterlegare 5 mill. kroner i 2024, til totalt 30 mill. kroner.

  • Ny opplæringslov er vedteken av Stortinget i 2023 og vil etter planen gjelde frå hausten 2024.

  • Regjeringa har i budsjettforslaget prioritert om lag 1,2 mrd. kroner til den største reforma i vidaregåande opplæring sidan Reform 94. Med ny opplæringslov får elevane rett til opplæring til dei har fullført vidaregåande opplæring. Regjeringa prioriterer 320 mill. kroner for å finansiere denne retten med eit øyremerkt tilskot i 2024. Frå hausten 2024 skal det òg bli innført ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering som gir alle med studie- eller yrkeskompetanse sjansen til å ta eit nytt fagbrev. Regjeringa foreslår 188,6 mill. kroner til å finansiere retten over rammetilskotet til fylkeskommunane. Fleire andre lovendringar i ny opplæringslov som skal bidra til auka fullføring av vidaregåande opplæring, blir òg finansierte med heilårseffekt i budsjettforslaget. Sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

  • Regjeringa foreslår å løyve 485 mill. kroner til tiltak for å kvalifisere og formidle fleire til læreplass. I tillegg foreslår regjeringa å auke tilskotet til ordninga Fagbrev på jobb med 23,2 mill. kroner, slik at fleire kan ta eit fagbrev medan dei er i arbeid.

  • Regjeringa foreslår 60 mill. kroner til å auke bortebuarstipendet for elevar i vidaregåande opplæring for å bidra til at geografi og privatøkonomi ikkje skal vere eit hinder for at unge får den opplæringa dei ønsker seg.

  • Regjeringa foreslår å auke utstyrsstipendet for elevar i vidaregåande opplæring med 40 mill. kroner for å gi betre samsvar mellom stipendet og utgiftene elevane har til nødvendig utstyr i opplæringa.

  • Regjeringa foreslår å styrke kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis med 10 mill. kroner, slik at det samla blir løyvd 160 mill. kroner til dette arbeidet i 2024. I tillegg foreslår regjeringa å løyve 10 mill. kroner til læremiddelarbeid i Statped.

  • Regjeringa held fram med å styrke løyvingane til samiske formål og vil auke rammeløyvinga til Sametinget med 3,6 mill. kroner til oppfølging av innsatsområda i Meld. St. 13 (2022–2023) og setje av 3 mill. kroner til eit prosjekt for å betre kvaliteten i fjernundervisninga for elevar som får opplæring i samisk.

  • Departementet foreslår å innføre ein ny tilskotsmodell for private grunnskular. I tillegg foreslår departementet å endre utrekningspraksisen for private grunnskular der kombinerte barne- og ungdomsskular er blitt kompenserte for smådriftsulemper to gonger. Ny tilskotsmodell og utrekningspraksis tek til å gjelde hausten 2024. Endringane vil bli fasa inn over fem år, slik at ny tilskotsmodell og utrekningspraksis er fullt innfasa frå hausten 2028. Ny tilskotsmodell og utrekningspraksis inneber isolert sett ein reduksjon av løyvingane til private grunnskular med 51,5 mill. kroner i budsjettforslaget for 2024.

Høgare yrkesfagleg utdanning

  • Regjeringa foreslår å løyve 28,2 mill. kroner til 500 fleire studieplassar til fagskulane, inkludert utgifter til utdanningsstøtte.

  • Som ei følge av den store auken i talet på fagskulestudentar dei siste åra er det behov for midlar for å kunne vidareføre og sikre kvaliteten og relevansen i høgare yrkesfagleg utdanning. Regjeringa foreslår derfor ein auke på 10 mill. kroner i tilskotsordninga for utviklingsmidlar til fagskulane.

Høgare utdanning og forsking

  • Regjeringa foreslår å auke løyvinga til universitet og høgskular nominelt med 1,6 mrd. kroner samanlikna med revidert budsjett for 2023. Det er ein realnedgang på 0,7 pst. frå 2023 og ein realvekst på 1,6 pst. frå 2019.

  • Forslaget omfattar 151,1 mill. kroner i resultatbasert utteljing for auken på indikatorane i finansieringssystemet.

  • Forslaget omfattar 255 nye studieplassar for å medverke til møte etterspurnad frå studentar og arbeidsliv, mellom anna 60 nye studieplassar i medisin som skal styrke desentrale studiemodellar og 100 plassar i IKT-fag.

  • Som del av auken i rammeløyvinga foreslår regjeringa å flytte 338,8 mill. kroner frå program og tilskotsordningar forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse til rammeløyvinga til universiteta og høgskulane. Dette er midlar som er retta både mot både kvalitetsarbeidet i sektoren, fleksibel og desentralisert utdanning og internasjonalt arbeid.

  • Regjeringa foreslår 2,1 mill. kroner i samband med at dei første studentane startar fjerde studieår i den nye, femårige lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag (LUPE) hausten 2024. Frå 2025 til 2029 vil regjeringa foreslå å trappe opp løyvinga etter kvart som studentane tek til det fjerde og femte studieåret i LUPE ved alle dei seks institusjonane som tilbyr denne utdanninga.

  • Regjeringa foreslår minst 1 mrd. kroner over fem år til ei satsing på framtidas databehandling – kunstig intelligens, digital tryggleik og samfunnskonsekvensar av teknologiutviklinga.

  • Regjeringa foreslår ei samla løyving på 6 141,5 mill. kroner til Noregs forskingsråd i 2024 over Kunnskapsdepartementets budsjett, som skal bidra til å nå mål og prioriteringar fastsette i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning.

  • Regjeringa foreslår å løyve 103,7 mill. kroner i 2024 til ei ordning i Forskingsrådet for å finansiere FoU-prosjekt forankra i behova i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

  • Regjeringa foreslår å løyve 9 mill. kroner til samisk forsking og utdanning.

  • Regjeringa foreslår å løyve 140 mill. kroner i 2024 og 140 mill. kroner i 2025 til å fornye og oppdatere det nasjonale forskingsnettet.

  • Regjeringa foreslår ei startløyving på 178 mill. kroner for prosjektet NTNU Campussamling. Prosjektet inneber å flytte campusen på Dragvoll til Gløshaugen for å oppnå meir samverknad mellom fagmiljøa.

2 Oversikt over forslaget til budsjett for Kunnskapsdepartementet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

Administrasjon

200

Kunnskapsdepartementet

393 790

397 298

422 927

6,5

201

Analyse og kunnskapsgrunnlag

255 682

280 159

282 673

0,9

Sum kategori 07.10649 472677 457705 6004,2

Grunnopplæringa

220

Utdanningsdirektoratet

631 094

669 246

712 901

6,5

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

14 779

16 141

17 012

5,4

222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

160 378

129 353

149 046

15,2

223

Diamanten skole

27 473

28 983

5,5

224

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

124 532

125 662

133 698

6,4

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 826 874

2 384 721

2 595 080

8,8

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

3 599 465

2 825 930

3 140 242

11,1

227

Tilskot til særskilde skular

229 867

222 277

244 178

9,9

228

Tilskot til private skular o.a.

6 205 834

6 489 436

7 169 329

10,5

229

22. juli-senteret

52 667

50 485

-4,1

230

Statleg spesialpedagogisk teneste

654 161

623 053

666 435

7,0

Sum kategori 07.2013 446 98413 565 95914 907 3899,9

Barnehagar

231

Barnehagar

791 801

1 089 563

1 151 535

5,7

Sum kategori 07.30791 8011 089 5631 151 5355,7

Høgare yrkesfagleg utdanning

240

Fagskular

1 176 737

1 249 623

1 459 322

16,8

241

Tiltak for høgare yrkesfagleg utdanning

41 872

23 354

24 648

5,5

242

Noregs grøne fagskule – Vea

38 183

32 757

35 281

7,7

Sum kategori 07.401 256 7921 305 7341 519 25116,4

Kompetansepolitikk og livslang læring

251

22. juli-senteret

26 161

0,0

253

Folkehøgskular

1 045 730

1 066 257

1 116 379

4,7

254

Studieforbund o.a.

74 312

76 236

75 183

-1,4

256

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

393 686

441 943

466 839

5,6

257

Kompetanseprogrammet

316 821

208 695

210 808

1,0

258

Tiltak for livslang læring

147 088

129 317

112 836

-12,7

Sum kategori 07.502 003 7981 922 4481 982 0453,1

Høgare utdanning og forsking

260

Universitet og høgskular

41 653 574

42 801 762

45 398 672

6,1

270

Studentvelferd

525 784

953 214

720 909

-24,4

271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

186 318

119 342

125 791

5,4

272

Tiltak for internasjonalisering og høgare utdanning

734 776

605 775

370 517

-38,8

273

Kunnskapssektorens tenesteleverandør – Sikt

178 729

182 910

425 635

132,7

274

Universitetssenteret på Svalbard

158 265

158 265

168 386

6,4

275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

283 954

263 601

142 627

-45,9

284

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

19 094

20 119

21 206

5,4

285

Noregs forskingsråd

6 880 749

5 229 094

5 549 991

6,1

286

Regionale forskingsfond

159 012

122 087

-100,0

287

Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

228 426

234 990

245 303

4,4

288

Internasjonale samarbeidstiltak

4 419 542

5 016 256

7 043 367

40,4

289

Vitskaplege prisar

46 138

46 047

49 101

6,6

Sum kategori 07.6055 474 36155 753 46260 261 5058,1

Utdanningsstøtte

2410

Statens lånekasse for utdanning

50 673 213

55 761 937

56 970 243

2,2

Sum kategori 07.8050 673 21355 761 93756 970 2432,2

Sum programområde 07124 296 421130 076 560137 497 5685,7

Sum utgifter

124 296 421

130 076 560

137 497 568

5,7

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

01–29

Statens egne driftsutgifter

7 403 921

7 073 612

7 236 421

2,3

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

91 508

85 024

80 439

-5,4

50–89

Overføringar til andre

81 808 087

84 764 488

91 322 035

7,7

90–99

Utlån, statsgjeld o.a.

34 992 905

38 153 436

38 858 673

1,8

Sum under departementet

124 296 421

130 076 560

137 497 568

5,7

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

Administrasjon

3200

Kunnskapsdepartementet

1 377

0,0

Sum kategori 07.101 377

0,0

Grunnopplæringa

3220

Utdanningsdirektoratet

842

2 478

2 587

4,4

3222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

24 482

20 986

21 909

4,4

3223

Diamanten skole

685

715

4,4

3225

Tiltak i grunnopplæringa

80 549

76 128

302 337

297,1

3230

Statleg spesialpedagogisk teneste

30 160

33 264

35 045

5,4

Sum kategori 07.20136 033133 541362 593171,5

Høgare yrkesfagleg utdanning

3242

Noregs grøne fagskule – Vea

10 930

6 640

7 586

14,2

Sum kategori 07.4010 9306 6407 58614,2

Kompetansepolitikk og livslang læring

3256

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

49 090

29 757

31 066

4,4

Sum kategori 07.5049 09029 75731 0664,4

Høgare utdanning og forsking

3271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

10 163

4 785

4 995

4,4

3275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

10

10

0,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

16 171

16 414

31 037

89,1

Sum kategori 07.6026 33421 20936 04269,9

Utdanningsstøtte

5310

Statens lånekasse for utdanning

20 050 235

21 421 541

22 353 761

4,4

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

4 290 537

9 714 332

10 363 860

6,7

Sum kategori 07.8024 340 77231 135 87332 717 6215,1

Sum programområde 0724 564 53631 327 02033 154 9085,8

Sum inntekter

24 564 536

31 327 020

33 154 908

5,8

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

01–29

Sal av varer og tenester

242 127

197 706

443 038

124,1

50–89

Overføringar fra andre

4 369 325

9 793 266

10 454 138

6,7

90–99

Attendebetalingar o.a.

19 953 084

21 336 048

22 257 732

4,3

Sum under departementet

24 564 536

31 327 020

33 154 908

5,8

Bruk av stikkordet «kan overførast»

**Under Kunnskapsdepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30-49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2023

Forslag 2024

220

70

Tilskot til læremiddel o.a.

3 565

86 731

225

63

Tilskot til samisk i grunnopplæringa

3 264

125 171

225

65

Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg

280 000

226

21

Særskilde driftsutgifter

77 230

1 308 639

231

21

Særskilde driftsutgifter

42 068

835 421

240

61

Utviklingsmidlar til fagskular

7 747

75 148

241

21

Tiltak for høgare yrkesfagleg utdanning

14 981

24 648

257

70

Tilskot

227 221

202 910

258

21

Særskilde driftsutgifter

69 408

112 836

270

75

Tilskot til bygging av studentbustadar

633 604

272

51

Tiltak for internasjonalisering

107 934

71 025

272

52

Tiltak for høgare utdanning

156 292

147 276

272

71

Tilskot til tiltak for internasjonalisering

32 122

100 111

272

72

Tilskot til tiltak for høgare utdanning

16 721

52 105

275

21

Særskilde driftsutgifter

24 349

71 062

3 Oppfølging av oppmodingsvedtak

Nedanfor er ei oversikt over oppfølging av oppmodingsvedtak under Kunnskapsdepartementet. Oversikta omfattar alle vedtak frå stortingssesjonen 2022–2023 og alle vedtak frå tidlegare sesjonar som kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. 186 S (2022–2023) meinte ikkje var følgde opp ferdig (51 stk.).

I kolonnen lengst til høgre i tabell 3.1 er det ført opp om departementet reknar med at rapporteringa om vedtaket no blir avslutta, eller om det vil rapportere konkret om det i budsjettframlegget neste år òg. Ei rapportering som inneber at departementet skal legge fram ei konkret sak for Stortinget, vil normalt først bli avslutta når slikt framlegg er gjort.

Sjølv om det i tabellen er oppgitt at rapporteringa blir avslutta, vil det stundom vere slik at oppfølginga av alle sider av vedtaket ikkje er sluttført. Dette kan til dømes gjelde oppmoding om å ta særlege omsyn i politikkutforminga på eit område, og der oppfølginga vil kunne gå over fleire år. I slike tilfelle blir Stortinget orientert om oppfølginga slik som elles gjennom omtale av det relevante politikkområdet i andre dokument til Stortinget.

Tabell 3.1 Oppmodingsvedtak

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Følgt opp (ja/nei)

2022–2023

81

Regulering og dimensjonering av barnehagetilbodet

Ja

2022–2023

87

Gratis SFO-tilbod alle vekedagar skulen har tilbod

Ja

2022–2023

90

Eksamensordningar i vidaregåande og ungdomsskule

Ja

2022–2023

109

Finansiering av produksjonsskular

Ja

2022–2023

110

Forprosjekt for nytt bygg til Griegakademiet

Ja

2022–2023

471

Meir variert praksis i lærarutdanningane m.m.

Nei

2022–2023

472

Strategi for å styrke laget rundt læraren og eleven

Nei

2022–2023

484

Plan for å vidareutvikle høgare yrkesfagleg utdanning

Nei

2022–2023

553

Lærekandidatordninga

Nei

2022–2023

554

Greie ut nytt yrkestittelnivå

Nei

2022–2023

582

Læringsutbyte om kunstig intelligens og tingas internett i høgare utdanning

Ja

2022–2023

625

Vald og truslar i skulen

Nei

2022–2023

690

Strategi for å auke rekrutteringa av lærarar

Nei

2022–2023

733

Kandidattypar innanfor fag- og yrkesopplæringa

Nei

2022–2023

734

Læringsstøttande ressursar på begge målformer

Nei

2022–2023

735

IB-tilbod både i grunnskulen og i vidaregåande skule

Nei

2022–2023

736

Handlingsrommet for alternative opplæringsarenaer

Nei

2022–2023

737

Utvide målgruppa for oppfølgingstenesta

Nei

2022–2023

738

Sikre individuell tilrettelegging av opplæringa

Nei

2021–2022

35, pkt. 44

Meldeplikt ved overføring av eigedomsrett til barnehage

Nei

2021–2022

35, pkt. 45

Gjeninnføre rett for kommunane til å føre tilsyn med private barnehagar

Nei

2021–2022

35, pkt. 53

Kartlegging av utfordringar for praktisk opplæring i skulen

Nei

2021–2022

374

Styrking av praktisk læring

Nei

2020–2021

16

Gjennomgang av finansieringskategoriane i høgare utdanning

Ja

2020–2021

30

Ordning i Statens lånekasse for utdanning for autorisasjon av helsepersonell

Ja

2020–2021

79

Politiattest for tilsetjing i skular og barnehagar

Nei

2020–2021

182

Greie ut Østfold-modellen for lærekandidatar med tilretteleggingsbehov

Nei

2020–2021

684

Finansiering av studieopphald i utlandet

Ja

2020–2021

687

Betre godkjenningsordningar for utanlandsk utdanning

Ja

2020–2021

941

Opptrappingsplan for studieplassar i medisin, helsefag, sjukepleie og psykologi

Nei

2020–2021

942

Styrke rådgivings- og rettleiingstenesta i skulen

Nei

2020–2021

943

Krav til minstestandard på teknisk utstyr på yrkesfag

Nei

2020–2021

945

Rekrutteringsstipend for yrkesfaglærarutdanning

Ja

2020–2021

947

Yrkesopplæringa tilpassa arbeidslivet

Ja

2020–2021

949

Undervisningsutstyr i tekniske fag i vidaregåande

Nei

2020–2021

1017

Opplæringslova, barnehagelova og FNs barnekonvensjon

Ja

2020–2021

1018

Fjernundervisning og opplæringslova

Ja

2020–2021

1069

Rett til innføringsfag i vidaregåande opplæring

Ja

2020–2021

1070

Sluttkompetanse i vidaregåande skule

Nei

2020–2021

1071

Overgangskurs i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1072

Overgangstilbod i vidaregåande opplæring

Nei

2020–2021

1074

Tilbod om praksisbrev i vidaregåande opplæring

Ja

2020–2021

1075

Vekslingsmodellar i vidaregåande opplæring

Ja

2020–2021

1076

Forsterka oppfølgingsansvar i vidaregåande opplæring

Ja

2020–2021

1078

Opplæringskontor og lærebedrifter

Ja

2020–2021

1104

Heilskaplege og koordinerte tenester

Nei

2019–2020

698

Rett til kompetanseheving i arbeidslivet

Ja

2019–2020

699

Finansieringssystem for universitet og høgskular

Ja

2019–2020

700

Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Nei

2019–2020

701

Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

Ja

2018–2019

51

Finansieringssystemet og ideelle barnehagar

Nei

2018–2019

197

Fritak frå skulefag

Ja

2017–2018

461

Vilkår for private barnehagar

Nei

2017–2018

802

Finansieringssystemet for private barnehagar

Nei

2017–2018

887

Rangering av søkarar til høgare utdanning

Nei

2016–2017

67

Hovudmål og målformgrupper på ungdomsskulen

Ja

2016–2017

642

Medlemskap i studentsamskipnad for fagskular

Nei

2016–2017

643

Evaluering av fagskulereforma

Ja

2016–2017

900

Lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk

Ja

2016–2017

901

Rett til spesialundervisning av fagpersonar

Ja

2016–2017

903

Spesialundervisning og lærarkompetanse

Ja

2015–2016

796

Krav om norsk og samisk språk i barnehagesektoren

Nei

Oppmodingsvedtak under kunnskapsministeren

Vedtak frå 2022–2023-sesjonen

Vedtak nr. 81, 1. desember 2022: Regulering og dimensjonering av barnehagetilbodet

Stortinget ber regjeringen sende ut forslag på høring i løpet av 2023 som gir kommunene nye og sterkere virkemidler til å regulere og dimensjonere det samlede barnehagetilbudet i kommunen til det beste for barna og foreldrene. Regjeringen skal utrede og sende på høring forslag til dette, som å sette vilkår for tilskudd til private barnehager, mulighet for å stille samme krav til private som til offentlige barnehager, og å tidsavgrense tilskudd til private barnehager

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Kunnskapsdepartementet vil i løpet av hausten 2023 sende på høyring ei rekke forslag om endringar i barnehagelova om styringa og finansieringa av barnehagesektoren. For meir utførleg tekst om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 87, 1. desember 2022: Gratis SFO-tilbod alle vekedagar skulen har tilbod

Stortinget ber regjeringen sørge for at elever som mottar tilbud om 12 timers gratis SFO fra skoleåret 2023–2024 får mulighet til å delta alle ukedager skolen har SFO-tilbud, så langt det er praktisk mulig.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Vedtaket er følgt opp ved endringar i forskrift til opplæringslova § 1B-4 som blei fastsette 26. mai 2023. Ifølge den reviderte paragrafen skal kommunen gi foreldra tilbod om å fordele dei 12 timane med gratis skulefritidsordning (SFO) på alle dagane kommunen til vanleg har eit SFO-tilbod, så langt det er praktisk mogleg. Samtidig blei forskrifta endra for å utvide ordninga med 12 timar gratis SFO til også å gjelde for elevar på 2. årstrinn. Endringane tok til å gjelde 1. august 2023.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 90, 1. desember 2022: Eksamensordningar i vidaregåande og ungdomsskule

Stortinget ber regjeringen iverksette forsøk og utprøvinger med alternativer til dagens eksamensordning i videregående og ungdomsskole. Forsøkene og utprøvingene følges med bistand og erfaringsinnhenting.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Utdanningsdirektoratet har varsla at det frå våren 2024 vil bli sett i gang utprøving av ei langtidsoppgåve som på sikt kan bli eit alternativ eller supplement til dagens eksamensformer. Fylkeskommunane kan i løpet av hausten 2023 melde interesse for å delta i den første utprøvinga.

I tillegg til den planlagde utprøvinga av ei langtidsoppgåve blir det arbeidd med nødvendig kunnskapsinnhenting. Utdanningsdirektoratet gjennomførte i fjor ei kartlegging av nordisk forsking om eksamen. Eit sentralt funn var at det er forholdsvis lite forsking på eksamen i Norden. Vidare blir det gjennomført eit forskingsprosjekt om fag- og sveineprøve som vurderingsform, der Fafo skal levere sin rapport i 2023. Utdanningsdirektoratet og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) er også i gang med å greie ut moglege endringar i eksamensordninga for praksiskandidatar.

Utdanningsdirektoratet har elles lagt fram andre forslag til utprøvingar og etter kvart forsøk på vurderingsfeltet. Det omfattar mellom anna utprøving av eksamen i praktiske og estetiske fag og ei skriftleg-munnleg eksamensform. Dette vil inngå som ein del av kunnskapsgrunnlaget for å kunne gjere endringar på sikt. Når vi endrar eksamen, er det viktig at dette blir gjort gradvis og kunnskapsbasert. Vi må sikre både eit føreseieleg system, at eksamenen måler det han skal måle, og at han sikrar ei mest mogleg likeverdig og rettferdig vurdering av elevane. Regjeringa arbeider altså langs fleire spor for å vidareutvikle dagens eksamensordningar med bakgrunn i eit godt kunnskapsgrunnlag.

Departementet foreslår i statsbudsjettet for 2024 ein auke på 15 mill. kroner for å styrke arbeidet med eksamen og vurdering, jf. programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 109, 1. desember 2022: Finansiering av produksjonsskular

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget i statsbudsjettet for 2024 med forslag om statlig bidrag til finansiering av produksjonsskoler.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa 485 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa, jf. kap. 225, post 69. Fylkeskommunane kan innanfor ramma av tilskotet mellom anna etablere tilbod om produksjonsskular. Sidan tilskotet gir rom for å gi midlar til produksjonsskular, meiner departementet at dette er eit statleg bidrag til finansiering av produksjonsskular, i tråd med vedtaket. Samstundes vil ikkje departementet avgjere kva for opplæringstilbod den einskilde fylkeskommunane skal velje. Det er viktig at opplæringstilbodet er tilpassa lokale behov.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 472, 31. januar 2023: Strategi for å styrke laget rundt læraren og eleven

Stortinget ber regjeringen legge frem en strategi for å styrke laget rundt læreren og eleven slik at læreren får bedre tid til sine kjerneoppgaver og eleven får tettere oppfølging, herunder øke antall ansatte og styrke samarbeidet mellom faginstanser og få flere yrkesgrupper med helse- og sosialfaglig kompetanse inn i skolen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:21 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Abid Raja, Guri Melby, Ingvild Wetrhus Thorsvik og Alfred Jens Bjørlo om å ta lærereyrket framover, jf. Innst. 158 S (2022–2023).

Departementet er i gang med å vurdere korleis ein kan styrke laget rundt barna og eleven, og vil involvere partane og sentrale aktørar i dette arbeidet. Laget rundt vil vere eit tema i dei to komande meldingane om 5.–10. trinn og sosial mobilitet og sosial utjamning.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 553, 28. mars 2023: Lærekandidatordninga

Stortinget ber regjeringen styrke lærekandidatordningen, herunder sørge for at det avklares og tydeliggjøres hvem som er riktig målgruppe for lærekandidatordningen, og hvem som kanskje har bedre utbytte av alternative ordninger som praksisbrevordningen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:99 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Aleksander Stokkebø, Jan Tore Sanner, Kari-Anne Jønnes, Margret Hagerup, Turid Kristensen, jf. Innst. 244 S (2022–2023).

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 554, 28. mars 2023: Nytt yrkestittelnivå

Stortinget ber regjeringen i samarbeid med partene i arbeidslivet utrede om det skal innføres et yrkestittelnivå mellom fagarbeiderne med fag- eller svennebrev og de ufaglærte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:99 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Aleksander Stokkebø, Jan Tore Sanner, Kari-Anne Jønnes, Margret Hagerup, Turid Kristensen, jf. Innst. 244 S (2022–2023).

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 625, 25. april 2023: Vald og truslar i skulen

Stortinget ber regjeringen om årlig å rapportere om statistikk og utviklingen når det gjelder vold og trusler i norsk skole.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok 8:144 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Himanshu Gulati, Sylvi Listhaug, Terje Halleland, Marius Arion Nilsen, Dagfinn Henrik Olsen og Erlend Wiborg, jf. Innst. 288 S (2022–2023).

Departementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å foreslå korleis oppmodingsvedtaket kan følgast opp. Direktoratet skal svare på oppdraget innan 31. mai 2024. Det er arbeidsmiljølova som regulerer arbeidsmiljøet til dei tilsette i skulen, medan det er opplæringslova og privatskulelova som skal sikre at alle elevar har eit trygt og godt skulemiljø. Utdanningsdirektoratet er derfor bede om å ha dialog med Arbeidstilsynet undervegs i arbeidet.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 733, 5. juni 2023: Kandidattypar innanfor fag- og yrkesopplæringa

Stortinget ber regjeringen ivareta de ulike kandidattypene innenfor fag- og yrkesopplæringen som praksisbrevkandidater og lærekandidater, i arbeidet med oppfølgingen av ny opplæringslov.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 734, 5. juni 2023: Læringsstøttande ressursar på begge målformer

Stortinget ber regjeringen gjennomføre en kunnskapsinnhenting rundt omfanget av bruken av læringsstøttende ressurser i opplæringen som ikke foreligger på begge målformer, og komme tilbake til Stortinget med en vurdering av i hvilken grad dette påvirker særlig nynorsk-elevenes rett til opplæring på eget språk.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 735, 5. juni 2023: IB-tilbod både i grunnskulen og vidaregåande skule

Stortinget ber regjeringen vurdere å åpne for muligheten til å tilby International Baccalaureate (IB) både i grunnskolen og videregående skole, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 736, 5. juni 2023: Handlingsrommet for alternative opplæringsarenaer

Stortinget ber regjeringen tydeliggjøre og øke handlingsrommet skoleleder, foreldre og elev har til å benytte seg av alternative opplæringsarenaer.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 737, 5. juni 2023: Utvide målgruppa for oppfølgingstenesta

Stortinget ber regjeringen i den varslede stortingsmeldingen om 5. til 10. trinn vurdere å utvide oppfølgingstjenestens målgruppe til også å omfatte elever på 10. trinn.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 738, 5. juni 2023: Sikre individuell tilrettelegging av opplæringa

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med en vurdering av hvordan gjennomføring av vedtak om individuell tilrettelegging av opplæringen kan sikres, og påklages. I påvente av dette ber Stortinget regjeringen om å legge til grunn at manglende gjennomføring av individuell tilrettelegging av opplæringen fortsatt kan påklages til statsforvalteren.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova), jf. Innst. 442 L (2022–2023).

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2021–2022-sesjonen

Vedtak nr. 35, pkt. 44, 2. desember 2021: Meldeplikt ved overføring av eigedomsrett til barnehage

Stortinget ber regjeringen i forskrift og lovforslag innføre meldeplikt til kommunen når eiendomsrett til barnehage i kommunen blir overført til andre enn staten eller den fylkeskommune der eiendommen ligger, og utrede hvordan det kan innføres en forkjøpsrett for kommuner.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket om å innføre meldeplikt til kommunen blei våren 2022 følgt opp i Prop. 82 L (2021–2022) Endringer i barnehageloven (selvstendig rettssubjekt, forbud mot annen virksomhet, meldeplikt m.m.). I proposisjonen blei det foreslått krav om at private barnehagar skal melde frå til kommunen og Utdanningsdirektoratet ved nedlegging, eigarskifte eller andre organisatoriske endringar. Stortinget behandla forslaget 31. mai 2022, jf. Innst. 403 L (2021–2022).

Departementet vil i løpet av hausten 2023 sende på offentleg høyring ei rekke forslag om endringar i barnehagelova om styring og finansiering av barnehagesektoren. For meir utførleg tekst om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 35, pkt. 45, 2. desember 2021: Gjeninnføre rett for kommunane til å føre tilsyn med private barnehagar

Stortinget ber regjeringen fremme nødvendige forslag for å gjeninnføre kommunenes rett til å føre tilsyn med private barnehager, herunder gi kommunene innsyn i alle økonomiske disposisjoner i barnehager i kommunen som mottar tilskudd.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Departementet vil i løpet av hausten 2023 sende på offentleg høyring ei rekke forslag om endringar i barnehagelova om styring og finansiering av barnehagesektoren. For meir utførleg tekst om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 35, pkt. 53, 2. desember 2021: Kartlegging av utfordringar for praktisk opplæring i skulen

Stortinget ber regjeringen kartlegge hva som er de største utfordringene for praktisk opplæring både i de praktiske og estetiske fagene og andre fag i skolen, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte. Kartleggingen må blant annet vurdere kompetanse, fysiske fasiliteter og utstyrssituasjonen, særlig i de praktiske og estetiske fagene.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2021–2022) Nasjonalbudsjettet 2022, jf. Innst. 2 S (2021–2022).

Vedtaket vil bli følgt opp i den varsla meldinga om 5.–10. trinn i grunnskulen.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 374, 1. februar 2022: Styrking av praktisk læring

Stortinget ber regjeringen i sitt varslede arbeid med en helhetlig ungdomsskolereform vektlegge endringer som skal bidra til å øke elevenes motivasjon, læring og trivsel og styrke den praktiske læringen, og videre at regjeringen inkluderer sektoren tett i arbeidet.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:18 S (2021–2022) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Erna Solberg, Jan Tore Sanner, Kari-Anne Jønnes, Margret Hagerup, Mathilde Tybring-Gjedde og Turid Kristensen, jf. Innst. 129 S (2021–2022).

Vedtaket vil bli følgt opp i den varsla meldinga om 5.–10. trinn i grunnskulen.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2020–2021-sesjonen

Vedtak nr. 79, 12. november 2020: Politiattest for tilsetjing i skular og barnehagar

Stortinget ber regjeringen om å fremme forslag om nødvendige regelendringer slik at politiattesten gir et fullstendig bilde av søkeren og viser alle relevante lovbrudd i de tilfeller som gjelder ansettelsesforhold i skole, barnehage eller andre steder der kontakt med barn utgjør en viktig del av stillingen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:113 S (2019–2020) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hanne Dyveke Søttar, Kari Kjønaas Kjos, Silje Hjemdal og Roy Steffensen om nødvendige regelendringer om politiattest for ansettelsesforhold i skoler og barnehager, jf. Innst. 64 S (2020–2021).

Området for kva straffebod som skal noterast på ein politiattest, er utvida i den nye opplæringslova som Stortinget vedtok 5. juni 2023. Det er fleire straffebod enn det som er i politiregisterlova § 39. Det gjeld reglar som rettar seg dels mot den personlege fridommen og fred, dels mot valdslovbrot, einskilde vinningslovbrot og dels mot kjønnslemlesting og forbodet mot tvangsekteskap.

Når barneomsorgsattestane etter opplæringslova blir utvida til å omfatte fleire straffebod som ikkje er omfatta av politiregisterlova § 39 første ledd, inneber det eit avvik frå den elles einsarta reguleringa av barneomsorgsattestar. Regjeringa følger opp oppmodingsvedtaket gjennom eit interdepartementalt samarbeid for gjennomgang og revisjon av barneomsorgsattestar etter politiregisterlova § 39. Det blir arbeidd for å sende eit forslag til endring av politiregisterlova § 39 på høyring. Gjennom revisjon av politiregisterlova tek ein sikte på å etablere ein einsarta praksis for innhaldet av barneomsorgsattestar i samarbeid mellom dei departementa det gjeld.

Når det no er gjort endringar i reglane om politiattest på skuleområdet, vil departementet vurdere å gjere tilsvarande endringar i reglane om politiattest på barnehageområdet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 182, 3. desember 2020: Greie ut Østfold-modellen for lærekandidatar med tilretteleggingsbehov

Stortinget ber regjeringen utrede Østfold-modellen for lærekandidater med tilretteleggingsbehov, som er utarbeidet av ASVL (Arbeidssamvirkenes landsforening), og vurdere om dette kan gjøres til en nasjonal ordning, slik det anbefales i NIFU-rapport 18: 2018.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S Tillegg 1 (2020–2021) Endring av Prop. 1 S (2020–2021) Statsbudsjettet 2021 (saldering), jf. Innst. 2 S (2020–2021).

I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa 485 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa. Fylkeskommunane har ansvaret for vidaregåande opplæring og er best eigna til å vurdere kva for tiltak som er dei beste for å oppfylle behova i dei ulike fylka. Østfold-modellen kan vere ein god modell for lærekandidatar med behov for tilrettelegging. Tilskotsmidlane til betre læreplassformidling og kvalifisering legg til rette for at fleire fylkeskommunar kan ta i bruk slike modellar.

Regjeringa følger opp Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Ein viktig del av reforma er at vidaregåande opplæring skal bli betre tilpassa mangfaldet i elevgruppa. Det kan også gi behov for å utvikle lærekandidatordninga. Ordninga er godt etablert og blir nytta i alle fylkeskommunane.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 942, 20. mai 2021: Styrke rådgivings- og rettleiingstenesta i skulen

Stortinget ber regjeringen styrke rådgivnings- og veiledningstjenesten i skolen gjennom å legge til rette for en tverrfaglig rådgivertjeneste og samarbeid mellom skoleeier, ungdomsskole, rådgivertjenesten, den videregående skolen og arbeidslivet, og gjøre det enklere for yrkesgrupper med erfaring fra annet arbeidsliv å bli ansatt i skolen som rådgivere.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag fra Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 943, 20. mai 2021: Krav til minstestandard på teknisk utstyr på yrkesfag

Stortinget ber regjeringen legge til rette for at det innføres krav til minstestandard på teknisk utstyr på yrkesfag. Minstestandarden skal utvikles i samarbeid mellom skoler og næringsliv.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag fra Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Fylkeskommunane har ansvaret for at dei vidaregåande skulane har tilgang til relevant utstyr, slik at undervisninga er i tråd med kompetansemåla i læreplanen. Skulane og lærarane har stor grad av fridom i val av metode, og dei har lokalt handlingsrom innanfor læreplanen når det gjeld korleis opplæringa blir organisert. Regjeringa vil gjennom tillitsreforma styrke det lokale handlingsrommet og unngå unødvendige statlege krav og styring. Fylkeskommunar og skular kan, i tråd med det lokale handlingsrommet, utvikle lokale minstestandardar ved behov for å sikre tilstrekkeleg utstyr i samarbeid med lokalt næringsliv.

Minstestandardar kan bli oppfatta som ein standard, slik at skular som elles ville hatt betre utstyr, legg seg på minstestandarden. Det er utfordrande å lage nasjonale minstestandardar som varetek at det er stor variasjon mellom fylkeskommunane i kva utdanningsprogram og programområde som er tilbodne. Til dømes kan behova for utstyr i same utdanningsprogram variere mellom ulike delar av landet, basert på det lokale næringslivet. Det vil òg vere krevjande å forvalte og halde ved like ein minstestandard som er oppdatert og relevant. Ulike tilnærmingar til korleis utstyret blir gjort tilgjengeleg for elevane, til dømes gjennom ulik grad av utstyrssamarbeid eller varierande samarbeid med næringslivet, er òg ein faktor som kan gjere det vanskeleg å lage ein nasjonal minstestandard.

Regjeringa har gjennomført eit forsøk med ulike modellar for tilskot til investeringar i utstyr i vidaregåande opplæring som skal bidra til oppdatert og kvalitetssikra utstyr i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Målet var å finne ut kva modell som kan vere berekraftig på sikt, og bidra til stabil finansiering frå fylkeskommunane. Oslo Economics og Samfunns- og næringslivsforskning AS har forska på forsøket, og ein rapport blei publisert i august. Rapporten peikar mellom anna på at det er usikkert kva for langsiktig effekt tilskotet som blei gitt i samband med forsøket, vil ha. Regjeringa vil vurdere kva som bør gjerast vidare på dette området etter at rapporten er klar. Samstundes vil ikkje regjeringa innføre krav til minstestandardar på teknisk utstyr innanfor fag- og yrkesopplæringa i tråd med vedtaket.

Departementet foreslår derfor at vedtaket blir oppheva, jf. forslag til vedtak X.

Vedtak nr. 945, 20. mai 2021: Rekrutteringsstipend for yrkesfaglærarutdanning

Stortinget ber regjeringen styrke ordningen med rekrutteringsstipend for personer utenfor skolesektoren som ønsker å ta en yrkesfaglærerutdanning for å jobbe i skolen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag fra Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Utdanningsdirektoratet administrerer ordninga med utdannings- og rekrutteringsstipend til kvalifisering av tilsette som har undervisningsstilling, men som manglar godkjend lærarutdanning, og rekruttering av personar som enno ikkje er tilsette i skulen. I 2023 godkjende direktoratet totalt 603 søknader om utdannings- og rekrutteringsstipend, og av desse var det 175 stipend til yrkesfaglærarutdanninga. Ifølge Utdanningsdirektoratet fekk alle skuleeigarar godkjent søknadene sine om den typen stipend som er omtalt i oppmodingsvedtaket. Departementet meiner dette viser at dekningsgraden for stipendet er god. Departementet vurderer derfor situasjonen slik at det ikkje er behov for å styrke ordninga no. Departementet vil følge med på dekningsgraden og vurdere tiltak dersom det viser seg at ordninga ikkje er godt nok kjend, eller dersom det blir oversøking til stipendet for yrkesfaglærarutdanninga. Det er ulike erfaringar med ordninga. Til dømes melder fylkeskommunane at det er svært arbeidskrevjande å følge opp ordninga med rekrutteringsstipend, og at det er behov for å forbetre ordninga.

Departementet viser vidare til eit relevant vedtak som skal følgast opp, nemleg vedtak 690, 25. mai 2023, som blei gjort i samband med behandlinga av Dok 8:211 S (2022–2023): «Stortinget ber regjeringa laga ein strategi for auka rekruttering av lærarar og komma tilbake til Stortinget på eigna måte om strategien. Strategien må sjåast i samanheng med ordningane for rettleiing av nyutdanna, etter- og vidareutdanningstilbodet, nye karrierevegar for lærarar i skulen og den varsla profesjonsmeldinga.» I utforminga av ein slik strategi er det naturleg at departementet vurderer ordninga med utdannings- og rekrutteringsstipend.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 947, 20. mai 2021: Yrkesopplæring tilpassa arbeidslivet

Stortinget ber regjeringen sørge for at det etableres en tettere kobling mellom avgivende skoler og lærebedrifter også gjennom lærlingtiden, slik at innholdet i yrkesopplæringen blir best mulig tilpasset arbeidslivets behov.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag frå Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Yrkesfagleg opplæring er eit samarbeid mellom fylkeskommunane, skulane og lærebedrifter. Det er viktig at alle partar bidreg i utarbeiding av læreplanar og tilbodsstruktur i tillegg til det løpande samarbeidet rundt elevane med kvalifisering og formidling til læreplass. Dette systemet er godt utvikla i dag. Fylkeskommunane har ansvaret for at yrkesfagelevane i vg1 og vg2 når kompetansemåla i læreplanane og blir kvalifiserte til læreplass, og lærebedriftene har ansvaret for at lærlingen gjennom læretida når kompetansemåla i lærefaget i vg3. I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa 485 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa, jf. kap. 225, post 69. Midlane legg til rette for at det blir etablert tettare koplingar mellom avgivande skular og lærebedrifter gjennom læretida, slik at innhaldet i yrkesopplæringa blir best mogleg tilpassa behova til arbeidslivet. I kommuneproposisjonen for 2024 er det varsla at tilskotet skal vidareførast på om lag dagens nivå ut perioden til Samfunnskontrakten for fleire læreplassar (2022–2026).

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 949, 20. mai 2021: Undervisningsutstyr i tekniske fag i vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen tilrettelegge for at det utvikles en bransjestandard med et minimumsnivå for undervisningsutstyr i tekniske fag i videregående skoler. Det er arbeidet med en bransjestandard for Teknikk og industriell produksjon (TIP). En slik standard kan følges opp med en samordning av innkjøp og vedlikehold av utstyret.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:282 S (2020–2021) Representantforslag fra Hanne Dyveke Søttar, Hans Andreas Limi, Roy Steffensen, Silje Hjemdal, Terje Halleland om et yrkesfagløft for verdiskaping, jf. Innst. 414 S (2020–2021).

Fylkeskommunane har ansvaret for at dei vidaregåande skulane har tilgang til relevant utstyr, slik at undervisninga er i tråd med kompetansemåla i læreplanen. Skulane og lærarane har stor grad av fridom i val av metode, og dei har lokalt handlingsrom innanfor læreplanen når det gjeld korleis opplæringa blir organisert. Regjeringa vil gjennom tillitsreforma styrke det lokale handlingsrommet, og unngå unødvendige statlege krav og styring. Fylkeskommunar og skular kan, i tråd med det lokale handlingsrommet, utvikle lokale minstestandardar ved behov for å sikre tilstrekkeleg utstyr i samarbeid med lokalt næringsliv.

Minstestandardar kan bli oppfatta som ein standard, slik at skular som elles ville hatt betre utstyr, legg seg på minstestandarden. Det er utfordrande å lage nasjonale og bransjespesifikke minstestandardar som tek omsyn til at det er stor variasjon mellom fylkeskommunane i kva utdanningsprogram og programområde som er tilbodne. Til dømes kan behova for utstyr i same utdanningsprogram variere mellom ulike delar av landet, basert på det lokale næringslivet. Det vil òg vere krevjande å forvalte og halde ved like ein minstestandard som er oppdatert og relevant. Ulike tilnærmingar til korleis utstyret blir gjort tilgjengeleg for elevane, til dømes gjennom ulik grad av utstyrssamarbeid eller varierande samarbeid med næringslivet, er òg ein faktor som kan gjere det vanskeleg å lage ein minstestandard.

Regjeringa har gjennomført eit forsøk med ulike modellar for tilskot til investeringar i utstyr i vidaregåande opplæring som skal bidra til oppdatert og kvalitetssikra utstyr i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Målet var å finne ut kva modell som kan vere berekraftig på sikt, og bidra til stabil finansiering frå fylkeskommunane. Oslo Economics og Samfunns- og næringslivsforskning AS har forska på forsøket, og ein rapport blei publisert i august. Rapporten peikar mellom anna på at det er usikkert kva for langsiktig effekt tilskotet som blei gitt i samband med forsøket, vil ha. Regjeringa vil vurdere kva som bør gjerast vidare på dette området etter at rapporten er klar. Samstundes vil ikkje regjeringa innføre krav til minstestandardar på teknisk utstyr innanfor fag- og yrkesopplæringa i tråd med vedtaket.

Departementet foreslår derfor at vedtaket blir oppheva, jf. forslag til vedtak X.

Vedtak nr. 1017, 27. mai 2021: Opplæringslova, barnehagelova og FNs barnekonvensjon

Stortinget ber regjeringa sikre at ny opplæringslov og barnehagelov er i tråd med FNs barnekonvensjon sine grunnleggjande rettar for framgangsmåte om barns rett til informasjon, til å uttale seg fritt, barns rett til privatliv og at alle handlingar og avgjerder som omhandlar barn, blir gjorde til barnets beste.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 145 L (2020–2021) Endringar i opplæringslova, friskulelova og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.), jf. Innst. 512 L (2020–2021).

Når det gjeld den delen av oppmodingsvedtaket som gjeld barnehagelova, meiner departementet at dei grunnleggande rettane i FNs barnekonvensjon og prinsippet om barnets beste er tekne vare på gjennom barnehagelova § 3 om barns rett til medverknad og omsynet til barnets beste. Føresegna er endra frå 1. januar 2021, jf. Prop. 96 L (2019–2020). Det er no lovfesta at barn i barnehagen har rett til å gi uttrykk for sitt syn på den daglege verksemda i barnehagen og i saker som gjeld dei sjølve, og at det som er best for barnet, skal vere eit grunnleggande omsyn i alle handlingar og avgjerder som gjeld barn i barnehagen. Dei grunnleggande rettane i barnekonvensjonen er òg omtalte fleire stadar i forskrift om rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver.

Når det gjeld den delen av oppmodingsvedtaket som gjeld opplæringslova, meiner departementet at den er blitt følgd opp i forslaget til ny opplæringslov som blei sendt til Stortinget våren 2023, jf. Prop. 57 L (2022–2023) og vedteke av Stortinget 5. juni 2023. Lova skal etter planen ta til å gjelde 1. august 2024. I lova er det teke inn føresegner om at elevane har rett til medverknad og til å ytre meiningane sine fritt (§ 10-2), om eleven sitt beste (§ 10-1) og om informasjon til elevane og foreldra (§ 10-8).

Departementet legg til grunn av vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 1018, 20. mai 2021: Fjernundervisning og opplæringslova

Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag om fjernundervisning i lovproposisjonen om ny opplæringslov.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 145 L (2020–2021) Endringar i opplæringslova, friskulelova, og barnehagelova (behandling av personopplysningar, fjernundervisning o.a.), jf. Innst. 512 L (2020–2021).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom Prop. 57 L (2022–2023), som blei lagd fram for Stortinget 24. mars 2023 og behandla 5. juni 2023. Departementet viser til Prop. 57 L (2022–2023) punkt 15 om fjernundervisning.

Departementet legg til grunn av vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 1069, 1. juni 2021: Rett til innføringsfag i vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen gi elever i videregående opplæring som trenger det, rett til innføringsfag. Språkopplæring i norsk skal være integrert i dette tilbudet, og opplæringen skal integreres i elevens Vg1-løp.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

I Prop. 57 L (2022–2023) om ny opplæringslov blei det foreslått ei plikt for fylkeskommunane til å ha eit opplæringstilbod i overgangen til vidaregåande opplæring for elevar som manglar faglege eller språklege føresetnader for å kunne delta i og bestå vidaregåande opplæring. Dette forslaget blei vedteke av Stortinget i juni 2023, og ny opplæringslov vil etter planen tre i kraft i august 2024. Retten til opplæring fram til ein har oppnådd studie- eller yrkeskompetanse som òg er vedteke med ny opplæringslov, inneber mellom anna at dagens tidsavgrensing i ungdomsretten på tre år fell bort. Dette gjer at opplæringa skal bli meir fleksibel, og at fleire skal få moglegheit til å bestå vidaregåande opplæring. Departementet meiner at plikta for fylkeskommunane om å ha eit overgangstilbod og retten til opplæring fram til ein har fullført vidaregåande opplæring, svarer til intensjonen bak oppmodingsvedtaket.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 1070, 1. juni 2021: Sluttkompetanse i vidaregåande skule

Stortinget ber regjeringen, i samarbeid med partene, konkretisere nærmere forbedringer av Vg3 i skole som gir elevene en sluttkompetanse som tilfredsstiller arbeidslivets krav og som har tillit i nærings- og arbeidslivet.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølginga av tiltaka i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden. Departementet vil i samarbeid med partane betre tilbodet til dei som ikkje får læreplass, og følge opp vedtaket i forslag til forskrift til ny opplæringslov. Forslaget skal på høyring hausten 2023.

Regjeringa gjennomfører eit løft for yrkesfaga. I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa 485 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa, jf. kap. 225, post 69. Midlane skal òg kunne brukast på å gi ei god opplæring til elevar som ikkje får læreplass, slik at dei kan fullføre med eit fag- eller sveinebrev som blir verdsett i arbeidslivet.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 1071, 1. juni 2021: Overgangskurs i vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen gjennomføre forsøk med obligatorisk overgangskurs for elever med svakt språklig grunnlag for å gjennomføre videregående opplæring.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet viser til at det i Prop. L 57 (2022–2023) om ny opplæringslov blei foreslått ei plikt for fylkeskommunane til å ha eit opplæringstilbod i overgangen til vidaregåande opplæring for elevar som manglar faglege eller språklege føresetnader for å kunne delta i og bestå vidaregåande opplæring. Dette forslaget blei vedteke av Stortinget i juni 2023.

Fylkeskommunen står fritt til å søke om forsøk etter opplæringslova, men departementet kan ikkje pålegge fylkeskommunen forsøk. I retningslinjene til Utdanningsdirektoratet for forsøksordninga etter opplæringslova er det presisert at det ikkje vil bli innvilga forsøk som kan innebere inngrep i dei grunnleggjande rettane og pliktene til den einskilde. Det er derfor tvilsamt om eit forsøk med obligatoriske kurs, som vil innebere at einskilde elevar blir pålagt meir undervisning enn andre, kan seiast å vere innanfor gjeldande ordning. Nye plikter skal ha tydeleg heimel i lov. Forsøk med obligatoriske kurs reiser også ei rekke spørsmål som måtte utgreiast nærare før ein eventuelt kunne invitere fylkeskommunar til å søke om å delta i eit slikt forsøk. Dette gjeld mellom anna spørsmål om finansiering, korleis ein skal identifisere kva for elevar som skal vere omfatte av ei plikt til å delta og kva konsekvensar det skal ha for eleven om hen ikkje deltek i kurset. Ei forsøksordning vil uansett ha eit avgrensa område.

Lovendringa som er vedteken inneber at alle fylkeskommunane får plikt til å ha eit tilbod som treffer elevar som har faglege eller språklege utfordringar. Det inneber at fylkeskommunen har det nødvendige handlingsrommet og insitamentet til å setje i gang tiltak for den aktuelle gruppa.

Departementet foreslår at oppmodingsvedtaket blir oppheva jf. forslag til vedtak X.

Vedtak nr. 1072, 1. juni 2021: Overgangstilbod i vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen gjennomføre forsøk med obligatorisk overgangstilbud for elever med svakt faglig grunnlag for å gjennomføre videregående opplæring.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Departementet viser til at det i Prop. 57 L (2022–2023) om ny opplæringslov blei foreslått ei plikt for fylkeskommunane til å ha eit opplæringstilbod i overgangen til vidaregåande opplæring for elevar som manglar faglege eller språklege føresetnader for å kunne delta i og bestå vidaregåande opplæring. Dette forslaget blei vedteke av Stortinget i juni 2023.

Fylkeskommunen står fritt til å søke om forsøk etter opplæringslova, men departementet kan ikkje pålegge fylkeskommunen forsøk. I retningslinjene til Utdanningsdirektoratet for forsøksordninga etter opplæringslova er det presisert at det ikkje vil bli innvilga forsøk som kan innebere inngrep i dei grunnleggjande rettane og pliktene til den einskilde. Det er derfor tvilsamt om eit forsøk med obligatoriske kurs, som vil innebere at einskilde elevar blir pålagt meir undervisning enn andre, kan seiast å vere innanfor gjeldande ordning. Nye plikter skal ha tydeleg heimel i lov. Forsøk med obligatoriske kurs reiser også ei rekke spørsmål som måtte utgreiast nærare før ein eventuelt kunne invitere fylkeskommunar til å søke om å delta i eit slikt forsøk. Dette gjeld mellom anna spørsmål om finansiering, korleis ein skal identifisere kva for elevar som skal vere omfatte av ei plikt til å delta og kva konsekvensar det skal ha for eleven om hen ikkje deltek i kurset. Ei forsøksordning vil uansett ha eit avgrensa område.

Lovendringa som er vedteken inneber at alle fylkeskommunane får plikt til å ha eit tilbod som treffer elevar som har faglege eller språklege utfordringar. Det inneber at fylkeskommunen har det nødvendige handlingsrommet og insitamentet til å setje i gang tiltak for den aktuelle gruppa.

Departementet foreslår at oppmodingsvedtaket blir oppheva jf. forslag til vedtak X.

Vedtak nr. 1074, 1. juni 2021: Tilbod om praksisbrev i vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen komme tilbake med forslag som sikrer at alle videregående skoler med yrkesfag gir tilbud om praksisbrev eller tilsvarende tilbud for elever som har behov for mer tid og et tilrettelagt opplæringsløp ute i bedrift.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Det ansvaret fylkeskommunane har for å dimensjonere det vidaregåande opplæringstilbodet, gir i utgangspunktet stort handlingsrom til å velje kva for tilbod dei vil tilby, og kor mange plassar det skal vere på det einskilde tilbodet. Handlingsrommet er avgrensa av einskilde lovfesta plikter til å gi konkrete tilbod, til dømes slår opplæringslova fast at fylkeskommunar har plikt til å gi tilbod om praksisbrevopplæring. I ny opplæringslov er plikta til å tilby praksisbrevopplæring vidareført.

Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp.

Vedtak nr. 1075, 1. juni 2021: Vekslingsmodellar i vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen gi fylkeskommunene incitamenter til å utvide omfanget av ulike vekslingsmodeller som alternativ til hovedmodellen med 2 år i skole + 2 år i lærebedrift, slik at flere elever får mulighet til å veksle mellom opplæring i skole og bedrift gjennom hele opplæringsløpet.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Det er fylkeskommunane som har ansvaret for å tilby tilpassa opplæring og val av ulike modellar for opplæringa. Opplæringslova og rammefinansieringa av fylkeskommunane gir skuleeigarar fridom til å velje modellar som er tilpassa det lokale arbeidslivet og behovet elevar og lærlingar har for opplæring. I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa 485 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar, og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa, jf. kap. 225, post 69. Desse midlane kan òg nyttast til å utvide tilbodet som vekslingsmodellar.

Departementet meiner at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 1076, 1. juni 2021: Forsterka oppfølgingsansvar i vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen forsterke skolenes oppfølgingsansvar for eleven gjennom hele opplæringsløpet, også i den tiden eleven er lærling i en lærebedrift.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Regjeringa viser til at det i ny opplæringslov som Stortinget vedtok i juni 2023, er ei ny plikt for fylkeskommunen til å sørge for at dei som har læretid i bedrift, har tilgang til rådgiving om utdannings- og yrkesval og rådgiving om sosiale og personlege forhold, (§16-1, tredje ledd og 16-2, tredje ledd).

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 1078, 1. juni 2021: Opplæringskontor og lærebedrifter

Stortinget ber regjeringen videreføre lovfesting av opplæringskontorene og godkjenning som lærebedrift, samt forsterke opplæringskontorenes funksjon som bindeledd mellom skolen og lærebedriftene.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, jf. Innst. 585 S (2020–2021).

Forslaget til ny opplæringslov slik ho no er vedteken av Stortinget, jf. Prop 57. L (2022–2023) og Innst. 442 L (2022–2023), anerkjenner at opplæringskontora spelar ei viktig rolle for fag- og yrkesopplæringa. Forslaget klargjer utgangspunkta for ansvarsforhold og rolledeling i samarbeidet mellom lærebedrift, opplæringskontor og fylkeskommune. Den nye reguleringa i lova vil etter departementets oppfatning bidra til å gjere rolla til kontora tydeleg. Forslaget inneheld også ei presisering av at opplæringskontora framleis kan vere part i lærekontraktane og få lærlingtilskot.

Departementet legg til grunn at vedtaket er følgt opp i ny opplæringslov.

Vedtak nr. 1104, 2. juni 2021: Heilskaplege og koordinerte tenester

Stortinget ber regjeringen utrede og fremme en sak for Stortinget med forslag til nødvendige lovendringer for å sikre at barn som trenger det, gis en rett til helhetlige og koordinerte tjenester.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 100 L (2020–2021) Endringer i velferdstjenestelovgivningen (samarbeid, samordning og barnekoordinator), jf. Innst. 581 L (2020–2021).

Departementet har vurdert saka i samarbeid med Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Regjeringa er oppteken av at barn og unge får dei tenestene dei treng, og at tenestene er godt koordinerte. 1. august 2022 tok ei rekke endringar i velferdstenestelovgivinga til å gjelde, jf. Innst. 581 L (2020–2021) og Prop. 100 L (2020–2021). Endringane omfattar 14 lover og inneber mellom anna at reglane om samarbeid og individuell plan er harmoniserte og styrkte, at det er innført ei plikt for kommunen til å samordne tenestetilbodet til den einskilde, og ein rett til barnekoordinator på visse vilkår. Formålet med endringane er å styrke oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene.

Det er viktig at reglane legg til rette for godt samarbeid mellom tenestene. Samstundes er det viktig å arbeide med å skape ein god samarbeidskultur i tenestene, både i kommune, fylkeskommune og stat. Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Utdanningsdirektoratet arbeider med å gi god rettleiing om dei nye reglane til tenestene. Ein felles rettleiar om samarbeid på tvers av velferdstenestene blei publisert hausten 2022.

Regelendringane blir evaluerte av Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Evalueringa skal ha implementeringa av lovendringane som hovudformål. NTNU skal undersøke korleis sentrale aktørar tolkar og set i verk lovendringane. Vidare skal evalueringa fange opp endringar som følger av lovendringane, og om målsetjingane for endringane blir oppfylte. Evalueringa vil halde fram til våren 2027.

Regjeringa vil vente på funn frå evalueringa før ei eventuell utgreiing av behovet for ytterlegare lovendringar for å sikre at barn og unge får heilskaplege og koordinerte tenester.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2019–2020-sesjonen

Vedtak nr. 701, 15. juni 2020: Vaksne utan rett til vidaregåande opplæring

Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å utvide retten til realkompetansevurdering til også å gjelde voksne uten rett til videregående opplæring.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom Prop. 57 L (2022–2023), som blei lagd fram for Stortinget 24. mars 2023 og behandla 5. juni 2023. I Prop. 57 L (2022–2023) foreslo departementet at retten til vidaregåande opplæring blir utvida, og at retten til realkompetansevurdering blir utvida tilsvarande. Departementet foreslo vidare at rett til realkompetansevurdering for dei som har tilvising frå kommunen eller Arbeids- og velferdsetaten, også skal omfatte dei som ikkje har rett til vidaregåande opplæring fordi dei ikkje har fullført grunnskulen eller førebuande opplæring for vaksne. Departementet meiner at dei foreslåtte utvidingane vil vareta alle som har eit reelt behov for realkompetansevurdering. Departementet viser til vurderinga i Prop. 57 L (2022–2023), punkt 43.12.4.2.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak frå 2018–2019-sesjonen

Vedtak nr. 51, 22. november 2018: Finansieringssystemet og ideelle barnehagar

Stortinget ber regjeringen gjennomgå finansieringssystemet for private og kommunale barnehager med sikte på å ivareta de små og ideelle barnehagene og en mangfoldig barnehagesektor.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:231 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Bjørnar Moxnes om en mangfoldig barnehagestruktur der pengene går til barnas beste, jf. Innst. 51 S (2018–2019).

Departementet vil i løpet av hausten 2023 sende på offentleg høyring ei rekke forslag om endringar i barnehagelova om styring og finansiering av barnehagesektoren. For meir utførleg tekst om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 197, 12. desember 2018: Fritak frå skulefag

Stortinget ber regjeringen sørge for at fritak for skolefag ikke blir gitt dersom dette ikke er i overensstemmelse med elev og foresattes ønsker, at fritaket må være faglig begrunnet, og at konsekvensene av et fritak er gjort godt kjent for eleven og foresatte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2018–2019), jf. Innst. 12 S (2018–2019).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom Prop. 57 L (2022–2023), som blei lagd fram for Stortinget 24. mars 2023 og behandla 5. juni 2023. I Prop. 57 L (2022–2023) foreslo departementet at opplæringslova framleis bør opne for fritak frå opplæringsplikta, og å vidareføre terskelen og vilkåra for når kommunen kan gi fritak.

Departementet foreslo vidare ein eigen paragraf i opplæringslova om at det beste for eleven skal vere eit grunnleggande omsyn ved alle handlingar og avgjerder. Omsynet til eleven sjølv vil vere ein avgjerande føresetnad når eit fritak skal vurderast. Departementet foreslo også å lovfeste retten eleven har til å bli høyrd, og å vidareføre regelen om at skulen skal samarbeide med foreldra. Departementet meiner at reglane om fritak, saman med reglane om elevens beste og elevens rett til å bli høyrd, oppfyller Stortingets vedtak. Departementet viser til vurderinga i Prop. 57 L (2022–2023) punkt 9.5.4.

Departementet meiner at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak frå 2017–2018-sesjonen

Vedtak nr. 461, 13. februar 2018: Vilkår for private barnehagar

Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan det kan sikres at private barnehager har lønns-, arbeids- og pensjonsvilkår minst på linje med ansatte i offentlige barnehager, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:18 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken, Mona Lill Fagerås og Solfrid Lerbrekk om profittfri barnehage, jf. Innst. 114 S (2017–2018).

Departementet vil i løpet av hausten 2023 sende på offentleg høyring ei rekke forslag om endringar i barnehagelova om styring og finansiering av barnehagesektoren. For meir utførleg tekst om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 802, 31. mai 2018: Finansieringssystemet for private barnehagar

Stortinget ber regjeringen i sitt videre arbeid med regulering av barnehagesektoren se på modeller i finansieringssystemet som så langt som mulig ivaretar et mangfold av barnehager og barnehageeiere, samt reduserer etterslepet i tilskuddsgrunnlaget overfor private barnehager.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 67 L (2017–2018) Endringer i barnehageloven mv. (minimumsnorm for grunnbemanning, plikt til å samarbeide om barnas overgang fra barnehage til skole og SFO mv.), jf. Innst. 319 L (2017–2018).

Departementet vil i løpet av hausten 2023 sende på offentleg høyring ei rekke forslag om endringar i barnehagelova om styring og finansiering av barnehagesektoren. For meir utførleg tekst om arbeidet med regelverket for private barnehagar, sjå del II, programkategori 07.30 Barnehagar.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2016–2017-sesjonen

Vedtak nr. 67, 22. november 2016: Hovudmål og målformgrupper på ungdomsskulen

Stortinget ber regjeringen utrede en endring av opplæringslova § 2-5 og andre mulige tiltak som kan sikre elever på ungdomsskolen rett til opplæring på hovedmålet og rett til å tilhøre en egen målformgruppe, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:116 S (2015–2016) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Kjersti Toppe, Liv Signe Navarsete, Magne Rommetveit, Terje Breivik, Geir Sigbjørn Toskedal og Audun Lysbakken om å sikra alle elevar i grunnskulen rett til opplæring på hovudmålet sitt, jf. Innst. 68 S (2016–2017).

Kunnskapsdepartementet fremma våren 2023 forslag om ny opplæringslov, jf. Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Etter forslaget har elevar på ungdomstrinnet rett til opplæring i eiga gruppe på det skriftspråket kommunen ikkje har vedteke, når minst ti elevar på eitt av trinna ønsker slik opplæring. Stortinget vedtok lovforslaget 5. juni 2023. Det blir planlagt for at lova skal tre i kraft frå 1. august 2024.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 900, 13. juni 2017: Lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk

Stortinget ber regjeringen i samråd med sektoren se til at alle skoler skal ha tilgang på lærere med fordypning innen spesialpedagogikk.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017).

Oppmodingsvedtak nr. 900 er omtala i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO, som blei lagd fram i november 2019. Der blei det varsla at departementet ville vurdere korleis alle barnehagar og skular kan få tilstrekkeleg tilgang til spesialpedagogisk kompetanse. Utdanningsdirektoratet fekk i oppdrag å greie ut dette nærare og har levert eit svar på oppdraget. Denne utgreiinga var del av kunnskapsgrunnlaget for moglege regelverksendringar som vart behandla saman med forslaga frå opplæringslovutvalet i oppfølginga av NOU 2019: 23 Ny opplæringslov.

Oppmodingsvedtaket er følgt opp gjennom Prop. 57 L (2022–2023), som blei lagd fram av departementet 24. mars 2023 og behandla av Stortinget 5. juni 2023. Den nye opplæringslova inneber at dei som skal gi individuelt tilrettelagd opplæring (spesialundervisning), skal oppfylle krava for å bli tilsett i lærarstilling og krava til relevant kompetanse i undervisningsfaget. Det skal likevel kunne gjerast unntak frå kompetansekrava for dei som gir individuelt tilrettelagd opplæring. For det første vidarefører den nye lova dagens høve til å gjere unntak frå kravet om at lærarane må ha relevant kompetanse i faga dei skal undervise i, dersom ei konkret vurdering av eleven og den individuelt tilrettelagde opplæringa som skal givast, tilseier det. For det andre blir det innført eit nytt unntaksalternativ som inneber at det kan gjerast unntak frå både kompetansekrav for å kunne bli tilsett i lærarstilling og krav om at lærarane må ha relevant kompetanse i faga dei skal undervise i, dersom det vil gi eleven betre opplæring, og personen som skal undervise, har ei universitets- eller høgskuleutdanning som gjer hen særleg eigna til å vareta behovet til eleven. Unntaket opnar for at til dømes ein barnevernspedagog eller spesialpedagog som har relevant kompetanse, men som ikkje har lærarutdanning, kan gi individuelt tilrettelagd opplæring.

I Prop. 57 L (2022–2023), som er vedteken av Stortinget, er det i punkt 50.1 og 50.5.12 lagt til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Departementet viser til at det er sett i gang eit varig kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis som skal bidra til at kommunane og fylkeskommunane har tilstrekkeleg kompetanse til å førebygge, fange opp og følge opp alle barn og elevar – inkludert elevar med behov for særskild tilrettelegging – slik at dei får eit inkluderande og tilpassa pedagogisk tilbod i barnehage og skule. I tillegg har regjeringa sørgd for ein stor auke i vidareutdanningsplassar i spesialpedagogikk for lærarar i barnehage og skule dei siste åra. I år har til dømes 1500 lærarar fått tilbod om vidareutdanning i spesialpedagogikk, som er omkring 500 fleire enn i fjor. Vidare skal endringane i Statped bidra til meir likeverdige tenester frå Statped over heile landet for barn og elevar med varige, omfattande eller særleg komplekse behov.

Samla sett meiner departementet at desse tiltaka vil sikre alle skular tilgang på lærarar med fordjuping i spesialpedagogikk.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 901, 13. juni 2017: Rett til spesialundervisning av fagpersonar

Stortinget ber regjeringen sikre at alle elever med behov for spesialundervisning får rett til opplæring av fagpersoner med godkjent relevant utdanning.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017).

Departementet viser til svaret i omtalen av oppmodingsvedtak nr. 900, 13. juni 2017, og at forslaget er behandla i arbeidet med ny opplæringslov. I Prop. 57 L (2022–2023), som er vedteken av Stortinget, er det i punkt 50.1 og 50.5.12 lagt til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 903, 13. juni 2017: Spesialundervisning og lærarkompetanse

Stortinget ber regjeringen legge frem en plan for at alle elever med behov for spesialundervisning får opplæring av fagpersoner med pedagogisk eller spesialpedagogisk kompetanse.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:132 S (2016–2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Audun Lysbakken og Karin Andersen om styrket spesialpedagogisk oppfølging i en inkluderende skole, jf. Innst. 446 S (2016–2017).

Departementet viser til svaret i omtalen av oppmodingsvedtak nr. 900, 13. juni 2017, og at forslaget er behandla i arbeidet med ny opplæringslov. Sjølv om det ikkje er lagt fram ein særskild plan, så gjer presiseringa i ny opplæringslov og tiltak for å sikre spesialpedagogisk kompetanse at det er lagt til rette for at dei som får individuelt tilrettelagd opplæring, skal få dette av fagpersonar med relevant kompetanse. I Prop. 57 L (2022–2023), som er vedteken av Stortinget, er det i punkt 50.1 og 50.5.12 lagt til grunn at oppmodingsvedtaket er følgt opp.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak frå 2015–2016-sesjonen

Vedtak nr. 796, 7. juni 2016: Krav om norsk og samisk språk i barnehagesektoren

Stortinget ber regjeringen utarbeide forslag til endringer i barnehageloven som sikrer at ansatte i offentlige og private barnehager behersker norsk språk, og at ansatte i samiske barnehager behersker samisk språk.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 19 (2015–2016) Tid for lek og læring. Bedre innhold i barnehagen, jf. Innst. 348 S (2015–2016).

Departementet viser til omtale i Prop. 1 S (2018–2019) om den delen av vedtaket som gjeld norsk språk, og at denne delen er følgd opp gjennom ei lovendring som tok til å gjelde 1. august 2018, jf. barnehagelova § 27.

Når det gjeld den delen av vedtaket som gjeld samisk språk, heng dette saman med oppfølginga av NOU 2016: 18 Hjertespråket. Forslag til lovverk, tiltak og ordningar for samiske språk. Som ein del av oppfølginga av NOU-en har Kommunal- og distriktsdepartementet våren 2023 fremja forslag om endringar i språkreglane i samelova, jf. Prop. 58 L (2022–2023). Sametinget blei konsultert om forslaget. Lovendringane blei vedtekne av Stortinget 30. mai 2023, jf. Innst. 441 L (2022–2023).

Regjeringa la våren 2023 fram Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høyere utdanning. Stortinget har behandla meldinga, jf. Innst. 473 S (2022–2023). Meldinga har følgande omtale som er relevant for oppmodingsvedtaket:

Barnehageloven sier tydelig at det er kommunen, som barnehagemyndighet, som har ansvar for at samiske barn i og utenfor forvaltningsområdet for samisk språk får et samisk barnehagetilbud. Det er behov for tydeligere informasjon fra barnehagemyndigheten om samiske barnehagetilbud og for bedre markedsføring av eksisterende tilbud. I lys av barnehagens betydning som språkarena og som arena for rekruttering av flere samiske elever i grunnopplæringen, har barnehagemyndigheten et særlig ansvar for å styrke det samiske barnehagetilbudet.
Kommunen bør jobbe systematisk med å kartlegge behovet for samiske barnehageplasser og for samiskspråklig pedagogisk kompetanse i barnehagen.
Regjeringen vil vurdere om det bør gjøres endringer i barnehagelovens regler om samiske barnehagetilbud, og se dette i sammenheng med øvrige virkemidler for å løse utfordringene på det samiske barnehageområdet.
For å møte den økende etterspørselen etter samiske barnehagetilbud bør kommunen jobbe systematisk med å utvide tilbudet. Der det er vanskelig å etablere et samiskspråklig tilbud på heltid, kan alternativet være deltidstilbud. Kommunen bør også arbeide aktivt for å rekruttere personale med samiskspråklig kompetanse. Prioritering av søkere med samisk språk der øvrige kompetansekrav foreligger, økt lønn, permisjon med lønn for å ta kurs og utdanning i samisk, er eksempler på målrettede tiltak som har hatt en positiv effekt. Et annet tiltak som har hatt god effekt, er å ansette språkarbeidere som ikke har formell utdanning, og som ikke er en del av den pedagogiske bemanningen. Dette bidrar til å styrke bruken av samisk språk i barnehagen.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Oppmodingsvedtak under forskings- og høgare utdanningsministeren

Vedtak frå 2022–2023-sesjonen

Vedtak nr. 110, 1. desember 2022: Forprosjekt for nytt bygg til Griegakademiet

Stortinget ber regjeringen legge til rette for at arbeidet med forprosjekt for nytt bygg til Griegakademiet i Bergen fortsetter, hvor Kunnskapsdepartementet fortsatt har rollen som prosjektbestiller.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 1 (2022–2023) Finansinnstillingen – nasjonalbudsjettet og statsbudsjettet 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Kunnskapsdepartementet sende i 2021 oppdragsbrev til Statsbygg om å vidareføre prosjektet Nytt bygg for Griegakademiet fram til ferdig forprosjekt. Forprosjektet blir finansiert av Universitetet i Bergen, og Statsbygg jobbar saman med universitetet ut frå ein plan om å ferdigstille forprosjektet i løpet av 2023. Kunnskapsdepartementet leiar prosjektrådet for prosjektet.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 471, 31. januar 2023: Meir variert praksis i lærarutdanningane m.m.

Stortinget ber regjeringen legge til rette for mer variert praksis i lærerutdanningene og sikre bedre oppfølging og veiledning av nye lærere i starten av karrieren, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:21 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Abid Raja, Guri Melby, Ingvild Wetrhus Thorsvik og Alfred Jens Bjørlo om å ta læreryrket framover, jf. Innst. 158 S (2022–2023).

Kunnskapsdepartementet har sett i gang eit arbeid for å gjere rammeplanane for lærarutdanningane meir overordna. Regjeringa sette i februar 2023 ned eit breitt samansett rammeplanutval som leverte forslag om mindre forenklingar i rammeplanane for alle lærarutdanningane. Regjeringa endra rammeplanane 1. juli 2023. Dette var eit første tiltak for å imøtekome dei klaraste behova for redusert detaljstyring av korleis lærarutdanningane er organiserte. Siktemålet er at institusjonane får større fridom i arbeidet med å legge til rette for gode utdanningar. I dette ligg òg moglegheiter for meir varierte praksisformer. Regjeringa vil vurdere forslaga til organiseringa av praksis i lærarutdanningane. Regjeringa vil òg kome tilbake til Stortinget med ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane.

Kunnskapsdepartementet har byrja å vurdere forslaga til tiltak i NOU 2022: 13 Med videre betydning – Ethelhetlig system for kompetanse- og karriereutvikling. Arbeidet vil mellom anna omfatte rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehagar og skular, jf. utvalets forslag om å innføre ein rett for nyutdanna lærarar til eit introduksjonsår. Det er ein plan at det nye heilskaplege systemet for kompetanse- og karriereutvikling skal starte opp i 2025, sjå nærare omtale under 07.20 Grunnopplæringa.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak nr. 484, 14. februar 2023: Plan for å vidareutvikle høgare yrkesfagleg utdanning

Stortinget ber regjeringen, i arbeidet med en stortingsmelding om fagskoler, legge fram en plan for videreutviklingen av den høyere yrkesfaglige utdanningen som blant annet drøfter finansiering, studiepoengsystem, kapasitet og akkreditering.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032, jf. Innst. 170 S (2022–2023).

Regjeringa har starta arbeidet med meldinga til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning. Kunnskapsdepartementet har sett i gang fleire store evalueringar som samla utgjer eit godt kunnskapsgrunnlag for å skrive ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning. Det gjeld evaluering av mellom anna nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk (NKR), finansieringssystemet for høgare yrkesfagleg utdanning og ei fullevaluering fem år etter Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning. Meldinga til Stortinget vil mellom anna ta for seg utvikling, akkreditering og finansiering av fagskulane og tiltak for å sikre kvalitet og relevans i fagskuleutdanningane.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget i samband med meldinga.

Vedtak nr. 582, 13. april 2023: Læringsutbyte om kunstig intelligens og tingas internett i høgare utdanning

Stortinget ber regjeringen sørge for at kunnskap om kunstig intelligens og tingenes internett integreres i flere utdanninger.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:73 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Anne Kristine Linnestad, Heidi Nordby Lunde, Linda Hofstad Helleland og Nikolai Astrup, jf. Innst. 238 S (2022–2023).

Regjeringa har vidareført Strategi for digital omstilling i universitets- og høyskolesektoren som blei lagd fram i september 2021. Strategien slår mellom anna fast at sektoren skal arbeide for å utvikle kompetansen hos dei tilsette slik at dei kan forstå korleis digitalisering endrar fagområda deira. Dette er viktig for å få til fornying av fag og utdanningar. Strategien seier òg at verksemdene i sektoren skal samarbeide om å utvikle og inkludere tema i utdanningane som er relevante for digitalisering.

Universiteta og høgskulane arbeider grundig og langsiktig med å følge opp strategien. Saman med Direktoratet for kompetanse og høgare utdanning (HK-dir) har dei samla seg om Handlingsplan for digital omstilling i høyere utdanning og forskning. Blant dei mange aktivitetane som er omtalte i planen, er til dømes UiB AI, som er eit fagleg forum om korleis kunstig intelligens påverkar dei ulike fagfelta. Eit anna prosjekt er Fremtidens teknologistudier, som skal legge til rette for at studieporteføljen til NTNU er i tråd med teknologiutviklinga, utfordringane samfunnet står overfor, og behova til nærings- og arbeidslivet frå 2025 og framover.

Regjeringa har òg vidareført Nasjonal strategi for kunstig intelligens frå 2020. Strategien slår fast at regjeringa vil ha tydelege forventningar til at kunstig intelligens blir integrert i etablerte studieprogram der dette er relevant. Strategien seier vidare at regjeringa vil at utdanningsinstitusjonane vurderer korleis personvern og etikk kan få ein sentral plass i utdanningar innanfor kunstig intelligens. Kunnskapsdepartementet legg til grunn at institusjonane tek desse forventningane frå regjeringa med i arbeidet med rammer for undervisninga.

I september lanserte regjeringa ei forskings- og innovasjonssatsing på framtidas databehandling – kunstig intelligens, digital tryggleik og samfunnskonsekvensar av teknologiutviklinga, jf. omtale i kapittel 285, post 51. Satsinga famnar breitt og vil bidra til å styrke tema om kunstig intelligens og tingas internett på mange fagområde, også utanfor realfaga og teknologifaga, noko som vil kome utdanningane til gode.

Regelen om fagleg fridom i universitets- og høgskulelova § 1-5 seier at andre ikkje kan gi universitet og høgskular pålegg eller instruksar om innhaldet i undervisninga. Den som gir undervisning, har eit sjølvstendig fagansvar for innhald og opplegg innanfor dei rammene som institusjonen set, eller som følger av lov eller er i medhald av lov. Det er samstundes tverrpolitisk semje på Stortinget om at styresmaktene ikkje skal gi institusjonane pålegg om innhaldet i utdanningane. Tiltak for å påverke læringsutbytet i utdanningane må derfor virke indirekte, til dømes gjennom forskingssatsingar som den på kunstig intelligens og framtidas databehandling. Regjeringa er trygg på at dei tiltaka som er nemnt over vil bidra til at institusjonane sørger for at kunnskap om kunstig intelligens og tingas internett blir integrerte i relevante utdanningar.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 690, 25. mai 2023: Strategi for å auke rekrutteringa av lærarar

Stortinget ber regjeringen lage en strategi for økt rekruttering av lærere og komme tilbake til Stortinget på egnet måte om strategien. Strategien må sees i sammenheng med ordningene for veiledning av nyutdannede, etter- og videreutdanningstilbudet, nye karriereveier for lærere i skolen og den varslede profesjonsmeldingen.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dok. 8:211 S (2022–2023) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Freddy André Øvstegård, Grete Wold, Ingrid Fiskaa, Mona Fagerås, jf. Innst. 366 S (2022–2023).

Departementet er i gang med å utarbeide ein strategi for rekruttering til lærarutdanningane og læraryrket.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget på ein eigna måte.

Vedtak frå 2020–2021-sesjonen

Vedtak nr. 16, 6. oktober 2020: Gjennomgang av finansieringskategoriane i høgare utdanning

Stortinget ber regjeringen om en gjennomgang av finansieringskategoriene i høyere utdanning, for å sikre at utdanninger som ingeniørfag, lærerutdanninger og andre utdanninger som er etterspurt i arbeidsmarkedet har riktig finansiering.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med debatten etter Hans Majestet Kongens tale til det 165. stortinget ved opninga og melding om Noregs rikes tilstand og styring (trontaledebatten).

Kunnskapsdepartementet tok 17. mars 2022 imot rapporten frå utvalet leia av Siri Hatlen som var nemnt opp for å gå gjennom finansieringa av universiteta og høgskulane. Rapporten var på høyring fram til 10. juni 2022. Utvalet var særleg bede om å følge opp oppmodingsvedtaka frå Stortinget frå 2020 som dreidde seg om finansieringa av sektoren.

Tilrådingane og synspunkta frå den offentlege høyringa blei presenterte i Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet. Departementet bad i tillegg i november 2022 om innspel frå universiteta og høgskulane til modell for finansiering av nye studieplassar og finansieringskategoriane. Regjeringa la fram forslag til endringar i finansieringssystemet i utsynsmeldinga, jf. Innst. 472 S (2022–2023) og Meld. St. 14 (2022–2023). Det nye finansieringssystemet skal gi institusjonane meir tillit, handlingsrom og ansvar for å prioritere og dimensjonere innanfor rammeløyvinga for å nå sektormåla og verksemdsmåla. Frå og med 2025 vil det berre vere gjennomførte studiepoeng, ein ny indikator for fullføring av studieprogram og doktorgradsindikatoren som får regelstyrt utteljing. Talet på finansieringskategoriar for studieplassar blir redusert frå seks til tre. Dei nye satsane er presenterte i Prop. 1 S (2023–2024), kapittel 12.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 30, 13. oktober 2020: Ordning i Statens lånekasse for utdanning for autorisasjon av helsepersonell

Stortinget ber regjeringen ta initiativ til en stipend- og/eller låneordning, for eksempel gjennom Statens lånekasse for utdanning, for å dekke nødvendige kurs og fagprøver for å oppnå autorisasjon for helsepersonell.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 89 L (2019–2020) Lov om integrering gjennom opplæring, utdanning og arbeid (integreringslova), jf. Innst. 389 L (2019–2020).

I dag må helsepersonell ta kurs i nasjonale fag, ta språktest og andre prøvar for å få autorisasjon i Noreg. Desse kan vere kostbare å gjennomføre, og det er gebyr for å ta dei. Nødvendige kurs og fagprøvar for helsepersonell med yrkeskvalifikasjonar frå tredjeland skil seg ut frå den typen utdanning Lånekassen gir utdanningsstøtte til, slike kurs/fagprøvar er for korte til å gi rett til utdanningsstøtte for andre studentar. Dette er også ei målgruppe som ikkje har rett til støtte i dag om dei ikkje har budd lenge i Noreg. Ei særskild ordning for tredjelandsborgarar vil bryte med prinsippa i utdanningstøttelova, og vere kostbart for Lånekassen å administrere. Kunnskapsdepartementets vurdering er at det ikkje er ei god løysing at dei tek ansvar for ei slik ordning.

I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa å løyve 20 mill. kroner til lågare gebyr og lågare kostnadar for tilleggskrav for søkarar frå tredjeland over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet. Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 684, 25. februar 2021: Finansiering av studieopphald i utlandet

Stortinget ber regjeringen sikre gode finansieringsmekanismer for studieopphold i utlandet for å sikre lik tilgang uansett økonomisk bakgrunn – også til høyt rangerte læresteder.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning, jf. Innst. 247 S (2020–2021).

Generelt er ordningane til Lånekassen utforma på ein universell måte utan omsyn til faktorar som økonomien til foreldra, kvar i landet ein kjem frå, eller kva etnisitet ein har. Dette heng saman med formålet med utdanningsstøtta. Ifølge lov om utdanningsstøtte § 1 er det å bidra til «like muligheter til utdanning uavhengig av geografiske forhold, alder, kjønn, funksjonsdyktighet, økonomiske og sosiale forhold». Det finst derfor ikkje ordningar i Lånekassen som skil mellom studentane etter dessa faktorane.

Lånekassen har ei eiga stipendordning for studentar som tek høgare utdanning ved særleg høgt rangerte lærestadar. Den skal dekke skulepengar dersom ein må betale meir enn 152 177 kroner i året for studieåret 2023–24. Beløpet er auka med 7 pst. i statsbudsjettet for 2023, saman med dei andre ordningane som studentar ved høgt rangerte lærestadar har rett til, mellom anna basislånet, reisestipend og den ordinære ordninga for lån og stipend til skulepengar i land utanfor Norden. Regjeringa vil også understreke at sjølv om ein reduksjon i stipenddelen av den ordinære støtta til skulepengar var eit tiltak i statsbudsjettet for 2023, blei ikkje det utvida stipendet til skulepengar ved høgt rangerte lærestadar redusert.

For utdanning i utlandet er regjeringa oppteken av at studentar tek omsyn til kostnadsnivået når dei vel kvar dei vil studere. Frå 2022–23 blei lista over lærestadar som gir rett til utvida stipend til skulepengar, redusert til dei øvste 75 lærestadane, og dette kan gjere det tydelegare for studentane kva for lærestadar som leverer særskilt høg kvalitet. Reduksjonen gjorde det mogleg å innføre ei ny stipendordning for å rekruttere studentar til å velje utveksling til eit av Noregs prioriterte samarbeidsland på høgare utdanning og forsking. Den same reduksjonen gjer det også mogleg i 2024–25 å auke stipendbeløpet og utvide denne ordninga til å omfatte studentar som tek ein heil grad ved ein lærestad i eit prioritert samarbeidsland.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 687, 25. februar 2021: Betre godkjenningsordningar for utanlandsk utdanning

Stortinget ber regjeringen videreutvikle enklere, raskere og mer forutsigbare godkjenningsordninger for utenlandsk utdanning og kompetanse.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning, jf. Innst. 247 S (2020–2021)

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) er godkjenningsstyresmakt for utanlandsk fag- og yrkesopplæring, fagskuleutdanning, høgare utdanning og lovregulerte yrke i skule og barnehage. I tillegg er HK-dir Noregs informasjonssenter for samarbeidsforuma i European Network of Information Centres (ENIC) og National Academic Recognition Information Centres (NAIC), som internasjonalt går under fellesnemninga ENIC-NARIC. Desse følger opp arbeidet med generell godkjenning av høgare utdanning etter høvesvis Lisboakonvensjonen og i EU-samanheng. HK-dir er også oppnemnd som nasjonalt informasjonssenter for UNESCOs globale konvensjon for godkjenning av høgare utdanning, som tok til å gjelde 5. mars 2023. Vidare er HK-dir assistansesenter for yrkeskvalifikasjonsdirektivet. Ansvaret for generell godkjenning av utanlandsk utdanning og yrkeskvalifikasjonar i skule og barnehage låg tidlegare hos NOKUT, jf. Prop. 74 L (2021–2022) Endringer i opplæringsloven, universitets- og høyskoleloven og fagskoleloven (endring av NOKUTs oppgaver, studentrettigheter mv.) og Innst. 287 L (2021–2022).

Godkjenningsoppgåvene blei flytta over frå NOKUT til HK-dir frå 1. januar 2023. Den siste praktiske delen av dette arbeidet blei fullført når HK-dir fekk nettsider og søkarportal over i eigne system frå 1. juli i år. Grunnlaget for langtidsverknadene av omorganiseringa som er skisserte i departementets svar på oppmodingsvedtaket, er no på plass.

I Prop. 126 L (2022–2023) Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) har departementet foreslått å vidareføre reglane om godkjenning av utanlandsk høgare utdanning, og i tillegg vise til UNESCOs globalkonvensjon for godkjenning av høgare utdanning. UNESCOs globalkonvensjon slår i hovudsak fast dei same prinsippa og reglane som blei introduserte med Lisboakonvensjonen, men inneheld likevel utdjupingar, presiseringar og vidareutvikling av einskilde definisjonar, prinsipp og reglar.

Talet på søknader om godkjenning av utanlandsk utdanning har auka med om lag 10 pst. i 2022, og ytterlegare med 20 pst. så langt i 2023. Ein vesentleg del av auken kjem av søknader frå Ukraina. Godkjenningsordningane blei også overførte frå NOKUT til HK-dir med restanse. I statsbudsjettet for 2024 foreslår departementet å tilføre HK-dir 2 mill. kroner for å tilsetje fleire saksbehandlarar mellombels som kan handtere den auka saksmengda og opparbeidde restansar på godkjenning av utanlandsk utdanning, jf. kap. 256.

HK-dir arbeider kontinuerleg med å effektivisere ordningane, mellom anna med å få godkjenningsordningane for dei regulerte yrka i skule og barnehage inn i det digitale saksbehandlingssystemet og med å forenkle og forbetre prosessane for utlikningstiltak. HK-dir forventar å sjå resultat av dette arbeidet i 2024 og i åra som kjem. Direktoratet arbeider òg kontinuerleg med å vidareutvikle informasjonen i søkarportalen, på nettsidene og i eigne vedtak for å nå potensielle brukarar av godkjenningsordningane.

Vidareutviklinga av godkjenningsordningane blir følgd opp i den ordinære etatsstyringa og resultatrapporteringa, sjå kap. 271, post 01.

Departementet meiner at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 941, 20. mai 2021: Opptrappingsplan for studieplassar innanfor medisin, helsefag, sjukepleie og psykologi

Stortinget ber regjeringen utarbeide en opptrappingsplan for studieplasser innenfor medisin, helsefag og psykologi. Planen skal både inneholde konkrete tiltak for opprettelse av tilstrekkelig med studieplasser ved utdanningsinstitusjonene, og tiltak som sikrer studentene praksisplass i helsesektoren. Planen bør inneholde tiltak som gjør det attraktivt for helsearbeidere å være i sektoren. Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2022 komme tilbake til Stortinget med innledende tiltak for å sikre flere studieplasser innen medisin, helsefag og sykepleie.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga Dok. 8:281 S (2020–2021) Representantforslag om opptrappingsplan for helseutdanningane fra stortingsrepresentantene Åshild Bruun-Gundersen, Bengt Rune Strifeldt, Morten Stordalen, Hanne Dyveke Støttar, Silje Hjemdal, Himanshu Gulati og Roy Steffensen, jf. Innst. 419 S (2020–2021).

Regjeringa vil føre ein ambisiøs og offensiv kunnskapspolitikk og bygge sterke profesjonsutdanningar av høg kvalitet i heile landet. Derfor har regjeringa varsla i Hurdalsplattforma at ho vil trappe opp talet på nye studieplassar, med opptrappingsplanar for område med særleg stort kompetansebehov, som læraryrket, sjukepleie, realfag, IKT og medisin. I 2022 fekk Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) midlar til 15 fleire studieplassar i medisin, jf. Innst. 2 S (2021–2022) og Prop. 1 S (2021–2022). I statsbudsjettet for 2023 blei det løyvd midlar til ytterlegare 30 nye studieplassar i medisin ved UiT, jf. Innst. 12 S (2022–2023). Kunnskapsdepartementet tildelte midlar til 300 fleire studieplassar i sjukepleiarutdanningane, og elleve statlege universitet og høgskular blei i tillegg bedne om å omprioritere for å opprette ytterlegare til saman 200 fleire plassar innanfor uendra rammeløyving, jf. Innst. 119 S (2021–2022) og Prop. 51 S (2021–2022). Regjeringa foreslår ytterlegare 60 nye studieplassar i medisin frå 2024. Regjeringa foreslår vidare 20 studieplassar til etablering av fysioterapiutdanning og 20 studieplassar i vernepleie ved Høgskolen i Innlandet.

Vidare oppfølging av dette oppmodingsvedtaket er under arbeid i samarbeid med relevante departement. Departementet vil kome tilbake til Stortinget med ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane.

Vedtak frå 2019–2020-sesjonen

Vedtak nr. 698, 15. juni 2020: Rett til kompetanseheving i arbeidslivet

Stortinget ber regjeringen nedsette et partssammensatt utvalg for å utrede hvordan arbeidstakere kan opparbeide seg en rett til kompetanseheving gjennom arbeidslivet, og sikre at tillitsvalgte tas med i drøftinger om hvilken kompetanseutvikling virksomheten trenger.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Regjeringa har sett ned eit utval som skal greie ut ei kompetansereform for arbeidslivet, i tråd med Hurdalsplattforma. Utvalet består av hovudsamanslutningane i arbeidslivet og skal levere ein rapport hausten 2024. Utvalet skal mellom anna greie ut ulike modellar for å stimulere til etter- og vidareutdanning.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 699, 15. juni 2020: Finansieringssystem for universitet og høgskular

Stortinget ber regjeringen senest i forbindelse med stortingsmeldingen om styringspolitikken for statlige universiteter og høyskoler om å legge frem forslag til nytt finansieringssystem for universiteter og høyskoler. Forslaget må utarbeides i tett samarbeid med utdanningssektoren og arbeidslivet. Incentiver/faktorer i forslaget til nytt finansieringssystem skal være
  • Relevant arbeid etter endt studium og arbeidslivsrelevans i studiet.

  • Ulike opplegg for etter- og videreutdanning.

  • Opprettelse av mindre og fleksible emner og moduler som arbeidslivet etterspør, og som kan tas i kombinasjon med jobb.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Kunnskapsdepartementet tok 17. mars 2022 imot rapporten frå utvalet leia av Siri Hatlen som var nemnt opp for å gå gjennom finansieringa av universiteta og høgskulane. Rapporten var på høyring fram til 10. juni 2022. Utvalet var særleg bede om å følge opp oppmodingsvedtaka frå Stortinget frå 2020 som dreidde seg om finansieringa av sektoren.

Tilrådingane og synspunkta frå den offentlege høyringa blei presenterte i Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet. Departementet bad i tillegg i november 2022 om innspel frå universiteta og høgskulane til modell for finansiering av nye studieplassar og til finansieringskategoriane. Regjeringa la fram forslag til endringar i finansieringssystemet i utsynsmeldinga, jf. Innst. 472 S (2022–2023) og Meld. St. 14 (2022–2023). Dei nye satsane er presenterte i Prop. 1 S (2023–2024), kapittel 12.

Det nye finansieringssystemet skal gi institusjonane meir tillit, handlingsrom og ansvar for å prioritere og dimensjonere innanfor rammeløyvinga for å nå sektormåla og verksemdsmåla. Frå og med 2025 vil det berre vere gjennomførte studiepoeng, ein ny indikator for fullføring av studieprogram og doktorgradsindikatoren, som får regelstyrt utteljing. Det tydeleggjer òg at det ikkje er det resultatbaserte finansieringssystemet som er hovudverktøyet som regjering og storting har for å signalisere mål og prioriteringar for forsking og høgare utdanning. Det gjeld òg for arbeidsrelevans i studietilbod, etter- og vidareutdanning og tilbod som arbeidslivet har behov for.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Vedtak nr. 700, 15. juni 2020: Studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Stortinget ber regjeringen opprette inntil 1 000 nye studieplasser innen høyere yrkesfaglig utdanning fra høsten 2020, i tillegg til at de 1 000 studieplassene som regjeringen varslet i Prop. 117 S (2019–2020), skal bli permanente, og at det videre utarbeides en forpliktende opptrappingsplan med 1 000 nye studieplasser årlig over fem år.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 14 (2019–2020) Kompetansereformen – Lære hele livet, jf. Innst. 370 S (2019–2020).

Stortinget har i 2020, 2021 og 2023 løyvd midlar til totalt 2 600 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning. Dette er den største kapasitetsveksten i høgare yrkesfagleg utdanning nokon gong. Regjeringa vil at fleire skal ta høgare yrkesfagleg utdanning, og foreslår derfor midlar til 500 nye studieplassar til fagskulane i 2024.

Midlar til nye studieplassar til fagskulane skal fordelast på bakgrunn av lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov og kapasiteten i fagskulane. Fylkeskommunane søker Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) om midlar til nye studieplassar etter ein gjennomgang av kompetansebehov og kapasitet i fagskulane i eige fylke. Systemet bygger opp under fylkeskommunane som kompetansepolitisk aktør og at fagskulane skal tilby utdanningar som arbeidslivet etterspør. Fordelinga av studieplassar skal skje i eit samspel mellom arbeidsliv, fagskular og styresmakter for å sikre at nye studieplassar treffer kompetansebehova i arbeidslivet best mogleg. Nasjonale styresmakter kan legge føringar for fordelinga av studieplassar for å sikre at det blir teke omsyn til nasjonale behov.

Departementet vil kome tilbake til Stortinget med vidare oppfølging av oppmodingsvedtaket i dei årlege statsbudsjetta.

Vedtak frå 2017–2018-sesjonen

Vedtak nr. 887, 11. juni 2018: Høgare utdanning

Stortinget ber regjeringen foreta en gjennomgang av dagens regelverk for rangering av søkere til høyere utdanning, inkludert utdanning som i dag ikkje gir poeng, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Dokument 8:196 S (2017–2018) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Fredrik Grøvan, Olaug V. Bollestad, Knut Arild Hareide og Steinar Reiten om å gi bibelskoleelever to tilleggspoeng, jf. Innst. 387 S (2017–2018).

Kunnskapsdepartementet har starta arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av regelverket for rangering, inkludert alle kvotar og tilleggspoeng i systemet for opptak. Våren 2021 sette regjeringa ned eit offentleg utval (opptaksutvalet) som har vurdert heile systemet for opptak til høgare utdanning. Utvalet leverte rapporten sin i desember 2022. Kunnskapsdepartementet vurderer no forslaga til ny modell. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med forslag til nytt opptakssystem våren 2024.

Vedtak frå 2016–2017-sesjonen

Vedtak nr. 642, 2. mai 2017: Medlemskap i studentsamskipnad for fagskular

Stortinget ber regjeringen i forbindelse med evalueringen av de kvalitetshevende tiltakene vurdere om fagskoler etter bestemte kriterier bør ha plikt til medlemskap i studentsamskipnad.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning, jf. Innst. 254 S (2016–2017).

Kunnskapsdepartementet vil følge opp vedtaket i samband med oppfølging av evalueringa av innføring og verknad av tiltaka i fagskulemeldinga. Ein midtvegsrapport er levert til departementet i 2021. Rapporten gir i hovudsak ein status for innføringa av tiltaka. Ein rapport om evaluering av finansieringssystemet for fagskular er levert departementet i 2022. Ein endeleg rapport er levert departementet i 2023 og tek omsyn til evalueringa av finansieringssystemet for fagskulane og funna i midtvegsevalueringa.

Departementet vil kome tilbake til vedtaket overfor Stortinget i samband med meldinga om høgare yrkesfagleg utdanning.

Vedtak nr. 643, 2. mai 2017: Evaluering av fagskulereforma

Stortinget ber regjeringen foreta en midtveisevaluering av fagskolereformen etter 3 år og en full evaluering etter 5 år.

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning, jf. Innst. 254 S (2016–2017).

I 2020 sette Kunnskapsdepartementet i gang ei evaluering av innføringa og verknadene av tiltaka i fagskulemeldinga. Evalueringa inneheld tre rapportar, som er leverte til departementet i høvesvis 2021, 2022 og 2023. Midtvegsrapporten frå 2021 gir i hovudsak ein status for innføring av tiltaka. Rapporten frå 2022 gjeld finansieringssystemet for fagskular. Sluttrapporten frå evalueringa frå 2023 tek omsyn til evalueringa av finansieringssystemet for fagskulane og funna i midtvegsevalueringa. Departementet vil følge opp rapportane i arbeidet med meldinga til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning.

Departementet legg til grunn at vedtaket med dette er følgt opp.

Til forsida