Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 200–289 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

Del 2
Nærare om budsjettforslaget

4 Nærare om budsjettforslaget

Programkategori 07.10 Administrasjon

Utgifter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

200

Kunnskapsdepartementet

393 790

397 298

422 9276,5

201

Analyse og kunnskapsgrunnlag

255 682

280 159

282 673

0,9

Sum kategori 07.10

649 472

677 457

705 6004,2

Inntekter under programkategori 07.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

3200

Kunnskapsdepartementet

1 377

0,0

Sum kategori 07.10

1 377

0,0

Kategorien omfattar løyvingar til drift av Kunnskapsdepartementet. Oppgåver og prioriteringar i Kunnskapsdepartementet følger av politikken og måla innanfor områda skule, barnehage, kompetansepolitikk, forsking, høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og utdanningsstøtte. Dei ulike fagområda er nærare omtala under programkategoriane lenger bak i proposisjonen.

Kap. 200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

373 171

382 130

406 777

21

Særskilde driftsutgifter

16 421

11 935

12 652

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

4 198

3 233

3 498

Sum kap. 200

393 790

397 298

422 927
Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Mål for 2024

Dei faglege måla for departementet er omtala i dei aktuelle fagkapitla og i kap. 1 Hovudinnleiing. Følgande mål gjeld for arbeidet i Kunnskapsdepartementet. Departementet skal

  • ha eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskapspolitikken

  • sikre at kunnskapspolitikken blir sett i verk

  • ha ein god dialog med alle relevante aktørar i samfunnet

  • legge til rette for at barnehagebarn, elevar, studentar og tilsette skal vere trygge ved utdanningsverksemdene der dei oppheld seg

Kunnskapsdepartementet har formulert eit sett med verdiar som er rettesnorer for arbeidet med å nå måla:

  • profesjonalitet

  • openheit

  • gjennomføring

Resultat i 2022

Samanhengen mellom måla for departementet og resultata i sektoren er avleia og indirekte. Det meste av innsatsen skjer i utdanningsinstitusjonar og forskingsinstitutt. Rolla departementet har, er å førebu avgjerder som Stortinget og regjeringa tek om overordna rammer, og å setje i verk dei tiltaka avgjerdene fastset.

Kunnskapsgrunnlaget om barnehage, utdanning og forsking er ganske godt. Mykje kunnskap er tilgjengeleg i forsking og offentleg statistikk. I tillegg arbeider Kunnskapsdepartementet vedvarande med å legge til rette for utdanningsforsking, jf. omtalen under kap. 201. Internasjonale undersøkingar kastar lys over kva vi oppnår i Noreg samanlikna med andre land. Gjennom kontakt med elev- og studentorganisasjonar og andre interessentar i sektoren får departementet viktig kunnskap om korleis målgruppene opplever politikken.

Underliggande verksemder set i verk mange av tiltaka i sektoren. Departementet gjennomfører vedteken politikk gjennom å styre desse verksemdene. Oversikt over dei underliggande verksemdene til departementet går fram av vedlegg 5 Underliggande verksemder o.a.

Boks 4.1 Proposisjonar og meldingar Kunnskapsdepartementet har lagt fram for Stortinget i 2022–23

  • Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)

  • Prop. 68 L (2022–2023) Endringer i universitets- og høyskoleloven (egenbetaling for studenter fra land utenfor EØS og Sveits)

  • Prop. 80 L (2022–2023) Endringer i privatskolelova (økt folkevalgt innflytelse mv.)

  • Prop. 126 L (2022–2023) Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven)

  • Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2023–2032

  • Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv

  • Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge

Dei faste budsjettproposisjonane er ikkje med i oversynet.

Særskilt om tryggleik og beredskap

Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap innanfor heile politikkområdet til departementet. Menneskeliv og helse er den fremste verdien som aktørar i sektorane under Kunnskapsdepartementet må trygge. I tillegg forvaltar dei store mengder informasjon, mellom anna personopplysningar, forskingsdata, kunnskap om utvikling av teknologi, vitskapleg utstyr, vitskaplege og historiske samlingar og historiske bygningar som kan vere særleg utsette og må tryggast. Institusjonar i sektoren har også forvaltningsoppgåver som er viktige for samfunnstryggleiken, til dømes analysekapasitet innanfor naturfarar, helse, luft og vatn.

Sektorane under Kunnskapsdepartementet arbeider med tryggleik og beredskap innanfor ulike scenario, som smittsame sjukdommar, digitale hendingar, utanlandsk etterretning, ulykker, vald og terror. Dei store menneskesamlingane på avgrensa område er ein viktig faktor i arbeidet med tryggleik og beredskap i sektorane. Med sektorar som tel om lag 1,6 mill. personar hadde departementet og sektorane eit stort ansvar under covid-19-pandemien. I byrjinga av 2022 handla framleis arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i departementet og sektorane under Kunnskapsdepartementet om korleis ulike funksjonar og tenester skulle driftast når ein samstundes måtte ta omsyn til smittevern. Departementet avvikla sin krisestab i februar 2022.

Kunnskap, kompetanse og teknologisk utvikling spelar ei stadig viktigare rolle i internasjonal konkurranse og for nasjonal tryggleik. Den negative utviklinga i den tryggleikspolitiske situasjonen det siste året har bidrege til at trusselbildet norske kunnskapsmiljø står overfor, er blitt verre. I dag er kunnskapssektoren eit attraktivt mål for etterretningsverksemda til framande statar, og norske forskings- og teknologimiljø blir stadig utsette for forsøk på omgåingar av eksportkontrollregelverket. Framover er det behov for ei meir strategisk tilnærming til utveksling og vern av kunnskap, kompetanse og teknologi. Dette utfordrar mellom anna openheita som pregar akademia. Det er viktig å finne ein god balanse, slik at vi kan ha det så ope som mogleg og så trygt som nødvendig.

I 2022 publiserte Kunnskapsdepartementet ein revidert versjon av Styringsdokument for arbeidet med sikkerhet og beredskap i Kunnskapsdepartementets sektor. Styringsdokumentet er utarbeidd for å bidra til systematisk og god oppfølging av arbeidet med tryggleik og beredskap. I den nye versjonen søker departementet å gjere tydeleg kva som er krav, og kva som er tilrådingar overfor ulike aktørar i sektoren. Dokumentet reflekterer no ei meir heilskapleg tilnærming mellom samfunnstryggleik og nasjonal tryggleik og har derfor endra namn.

Departementet følger opp risikoen for hendingar innanfor informasjonstryggleik og personvern i høgare utdanning og forsking gjennom departementets styringsmodell for informasjonstryggleik og personvern. Nærare omtale av dette arbeidet finst i innleiinga til programkategorien for høgare utdanning og forsking. I 2022 blei rammeverket for handtering av IKT-tryggleikshendingar også gjort gjeldande for Utdanningsdirektoratet (Udir) og Statped.

Departementet har i 2022 drive eit fagleg nettverk for personvernombod i dei underliggande verksemdene.

I 2022 styrkte departementet arbeidet med tryggleik og beredskap på direktoratsnivået i sektoren i samarbeid med dei underliggande verksemdene Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), Udir, Sikt, Noregs forskingsråd, Lånekassen, NOKUT og Statped. Satsinga skulle legge til rette for systematisk kommunikasjon og informasjonsutveksling mellom departementet og dei underliggande verksemdene og mellom verksemdene. Målet var å auke kunnskapen om risiko- og trusselbildet, kartlegge og vurdere verdiar og avhengnader som er viktige for tryggleik og beredskap, og styrke oppfølginga av tryggingsstyringa i sektoren.

Kunnskapsdepartementet gjennomførte og deltok på ulike øvingar i 2022. Mellom anna øvde departementet, i tilknyting til satsinga for å styrke direktoratsnivået, på eit større krisescenario i kunnskapssektoren saman med HK-dir, Udir, Forskingsrådet, Lånekassen, Sikt, NOKUT og Statped. Øvinga involverte kunnskapsministeren, forskings- og høgare utdanningsministeren, og toppleiinga i departementet og i dei underliggande verksemdene. I 2022 vart også varslingssystemet mellom dei underliggande verksemdene og departementet testa fleire gonger.

Beredskapskonferansen for utdanningssektoren blei i 2022 igjen organisert av Beredskapsrådet, i samarbeid med Kunnskapsdepartementet. Hovudtema var både risikoforståing og krisehandtering. Meir enn 100 deltakarar var samla på konferansen i Bodø.

Sjå også programkategori 07.60, der det står meir om tryggleik og beredskap i høgare utdanning og forsking.

Oppfølging av tryggingslova

Lov om nasjonal sikkerhet (tryggingslova) tok til å gjelde 1. januar 2019, og alle sektorar arbeider med å implementere lova. Formålet med lova er å trygge dei nasjonale sikkerheitsinteressene våre og å førebygge, avdekke og motverke sikkerheitstruande verksemd. Dei nasjonale sikkerheitsinteressene blir trygga ved at departementa identifiserer grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF) innanfor sine ansvarsområde, verksemder som er avgjerande viktige for GNF, vert underlagde tryggingslova, og nødvendige sikringstiltak for skjermingsverdige verdiar vert gjennomførte. For å vareta formålet med lova vil GNF-prosessen vere kontinuerleg. Kunnskapsdepartementet har identifisert følgande grunnleggande nasjonale funksjon i eigen sektor: «Kunnskapsdepartementets verksemd, handlefridom og avgjerdsdyktigheit» som omfattar departementets rolle som fagleg sekretariat for politisk leiing, utøving av myndigheit, evne til kriseleiing og styring og oppfølging av underliggande verksemder. Departementet arbeider med å vurdere andre GNF i eigen sektor.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 406,8 mill. kroner på post 01. Departementet foreslår å rammeoverføre 316 000 kroner frå posten for å finansiere Departementsakademiet over Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett. Vidare foreslår departementet å flytte 1,45 mill. kroner frå kap. 256, post 01 i samband med flytting av ei stilling frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) til departementet.

I 2023 blei løyvinga på post 01 redusert med 512 000 kroner for å dekke inn løyvingsbehovet i samband med ny e-postsynkroniseringsløysing i departementa. I 2024 foreslår departementet å auke løyvinga med 98 000 kroner, som følge av at inndekningsbehovet for synkroniseringsløysinga er lågare i 2024 enn i 2023.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 3 mill. kroner, mellom anna som følge av auka oppgåver knytt til tryggleik og beredskap.

Departementet foreslår å løyve 12,6 mill. kroner på post 21 og 3,5 mill. kroner på post 45.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3200, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3200 Kunnskapsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

02

Salsinntekter o.a.

1 377

Sum kap. 3200

1 377

Resultat i 2022

Kunnskapsdepartementet har ikkje verksemd som vanlegvis gir inntekter, men det hender at det kjem tilfeldige inntekter. Inntektene i 2022 skriv seg mellom anna frå sal av utrangert IKT-utstyr og prosjekttilskot frå Nordisk ministerråd.

Kap. 201 Analyse og kunnskapsgrunnlag

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Særskilde driftsutgifter

255 682

280 159

52 073

50

Noregs forskingsråd – forsking om utdanning og forsking

230 600

Sum kap. 201

255 682

280 159

282 673

Utdanningsforsking

Noreg treng forsking av høg kvalitet om og for utdanningssektoren. Utdanningsforskinga skal, forutan å gi ny kunnskap og erkjenning generelt, bidra til god praksis og høgare kvalitet i barnehagane, i skulane, i høgare utdanning og i kompetansepolitikken, og gi eit solid grunnlag for politikkutvikling. Gode miljø for utdanningsforsking skal bringe fram eit godt kunnskapsgrunnlag som gir rom for ein meir opplyst debatt om innhald, læring, ressursbruk og resultat.

FoU-statistikken frå SSB viser at forskinga på barnehagen, grunnopplæringa, fagskulen, høgare utdanning, forskarutdanning og læring blant vaksne samla sett har auka i omfang dei siste åra. Samla driftsutgifter til FoU under området utdanning auka frå om lag 1,8 mrd. kroner i 2017 til om lag 2,5 mrd. kroner i 2021. Unntaka er for utgiftene til FoU om og for vidaregåande opplæring, som har vore stabile, og for utgiftene til FoU om og for høgare utdanning, som har gått noko ned frå 2019 til 2021.

Departementet vil følge opp måla i Kunnskapsdepartementets strategi for utdanningsforskning. Forskning, kunnskapsmegling og bruk 2020–2024. Det er framleis behov for å fremje metodemangfald, styrke vitskapleg kompetanse der forskingstradisjonane er svake, og stimulere både til samarbeid på tvers av forskingsdisiplinar og til brukarmedverknad i forskinga. Tverrfagleg forsking og samarbeid på tvers av fagdisiplinar og fagmiljø nasjonalt og internasjonalt kan framleis styrkast. I Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2023–2032 lanserte regjeringa eit samfunnsoppdrag for inkludering av fleire barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv. Vi treng meir forsking som tek for seg samansette problem i oppvekst- og utdanningssektoren, slik at færre barn og unge fell utanfor. Forskinga skal gi meir kunnskap om korleis praksis i oppvekst- og utdanningssektoren kan bli betre, og korleis dei ulike sektorane kvar for seg og saman kan bidra til mindre sosial ulikskap. Av same grunn treng vi òg meir forsking om og for barnehagelærar-, lærar-, barnevernpedagog-, sosionom- og vernepleiarutdanningane.

Det er dessutan behov for fleire kunnskapsoppsummeringar og betre tilgang til og deling av data som har relevans for oppvekst- og utdanningssektoren. Departementet vil arbeide for at forskinga blir relevant, lett tilgjengeleg og forståeleg for brukarane.

Porteføljar og ordningar i Forskingsrådet, FoU-innsats i underliggande etatar, departementets eigne utlysingar, og senterordningar er verkemiddel departementet tek i bruk for å følge opp dei langsiktige måla for utdanningsforskinga. Saman med grunnløyvingane til forskingsinstitusjonane skal dette bidra til kontinuitet og vidare oppbygging av forskinga som Kunnskapsdepartementet har sektoransvar for.

I strategien for utdanningsforsking blir nokre område med særskilde kunnskapsbehov framheva. Det trengst meir kunnskap om kva digitaliseringa inneber, til dømes om opplæring og undervising, læring hos barn, elevar og studentar, rolla til lærarane og forelesarane, og oppvekstvilkåra for barn og unge. Det er òg eit behov for å styrke spesialpedagogikk som forskingsfelt. Det ligg føre lite forsking og statistikk om vaksne og deira opplæring i grunnskulen og vidaregåande skule. I høgare utdanning er det mellom anna behov for å styrke kunnskapsgrunnlaget om studiekvalitet, fagskular, overgangar, gjennomstrøyming og studentaktiv læring.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten finansierer aktivitetar i HK-dir, Udir, Kunnskapssenter for utdanning (KSU), Senter for læringsanalyse (SLATE) og SSB, som styrker analyse- og kunnskapsgrunnlaget om dei sektorane departementet har ansvaret for. Fram til 2023 finansierte posten òg forsking om utdanning og forsking gjennom Forskingsrådet.

Mål for 2024

Eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskapspolitikken.

Resultat i 2022

Ein gjennomgang av Forskingsrådets aktivitetar retta mot utdanning og kompetanse i 2022 viser at Forskingsrådet har prosjekt innanfor nesten alle fagområde, men at det meste av den samla innsatsen går til fagmiljø i samfunnsvitskap, der dei pedagogiske faga utgjer brorparten. Kvaliteten på søknadene til porteføljen for utdanning og kompetanse er høg, og det er fleire innovasjons- og samarbeidsprosjekt med forpliktande brukarmedverknad enn tidlegare. Den særskilde satsinga for å styrke kapasitet, kvalitet og kompetanse for forsking med effekt- og kontrollgrupper i utdanningssektoren held fram.

Under halvdelen av prosjekta i porteføljen for utdanning og kompetanse omfattar internasjonalt prosjektsamarbeid, mest med Storbritannia og dei nordiske nabolanda. Like fullt er det teikn på auka internasjonalt engasjementet i utdanningsforskinga, både ved at forskarar har hatt suksess i det europeiske forskingsrådet (ERC), og ved at talet på samarbeidsprosjekt med utlandet har stige.

Forsking om barnehagesektoren, profesjonsutdanningane og høgare utdanning har auka. Det er flest prosjekt om grunnskule og høgare utdanning i porteføljen og færrast om læring for vaksne og vidaregåande opplæring.

I 2022 blei det gjort ei midtvegsevaluering av dei to sentera for barnehageforsking som posten finansierer gjennom Forskingsrådet. Sentera BARNkunne og FILIORUM har oppfylt suksesskriteria og fått særs gode tilbakemeldingar frå den internasjonale ekspertkomiteen. Mellom anna trekker komiteen fram ei omfattande og auka publisering, god formidling, mykje internasjonalt samarbeid og eit godt samarbeid dei to sentera imellom.

Kunnskapssenter for utdanning hadde oppstart ved Universitetet i Stavanger i 2019. Senteret har høg aktivitet i tråd med mandatet. I 2022 har senteret mellom anna stifta eit nytt nordisk tidsskrift for kunnskapsoppsummeringar og sørgd for fagleg vurdering og oppsummering av skandinavisk barnehageforsking til databasen Nordic Base of Early Childhood Education and Care (NB-ECEC).

Senter for læringsanalyse (SLATE) styrker forskinga på og bruken av læringsanalyse i Noreg. Midtvegsevalueringa av senteret skildrar eit unikt tverrfagleg forskingsmiljø og viser at SLATE oppfyller måla i mandatet frå departementet.

Kunnskapssektorens datafellesskap (KUDAF), programmet i HK-dir for betre deling av data om utdanning og forsking, starta opp i 2022. Programmet har mellom anna gitt fagleg og økonomisk støtte til arbeidet med oversikt over og skildring av data (Orden i eige hus) i verksemder under Kunnskapsdepartementet – og slik betra vilkåra for gjenbruk og vidarebruk av data i utdanningssektoren.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 52,07 mill. kroner på post 21.

I samband med ny poststruktur for FoU-løyvingar til Forskingsrådet foreslår departementet å flytte 230,6 mill. kroner til ny kap. 201, post 50 Forsking om utdanning og forsking.

I samband med nytt nasjonalt program for offisiell statistikk for perioden 2024–27 foreslår departementet å flytte 1,3 mill. kroner til formålet til kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 01 Driftsutgifter over Finansdepartementets budsjett.

Departementet foreslår å flytte 10 mill. kroner til kap. 226, post 21 for å finansiere eit program i Utdanningsdirektoratet for forsking om digitalisering i barnehagar og skular.

Målet med KUDAF-programmet er ein infrastruktur for vidarebruk av data som gir rask, rimeleg og sikker tilgang. Data skal kunne koplast på tvers av kjelder og innanfor og på tvers av verksemder og sektorar. Oppdraget skal løysast i samarbeid med andre verksemder under Kunnskapsdepartementet. Departementet legg opp til å vidareføre løyvinga til programmet i 2024.

Kunnskapssenter for utdanning (KSU) ved Universitetet i Stavanger skal lage kunnskapsoppsummeringar og ha oversyn over og formidle nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa. Departementet legg opp til å vidareføre løyvinga for senteret i 2024.

Fagmiljøet for læringsanalyse (SLATE) ved Universitetet i Bergen (UiB) skal styrke forskinga på og bruken av læringsanalyse i Noreg. Departementet legg opp til å vidareføre løyvinga for senteret i 2024. Forskinga ved senteret dreier seg om dei teknologiske, pedagogiske, fortolkande, kulturelle, etiske og rettslege aspekta ved læringsanalyse og kunstig intelligens i utdanning (AIEd).

Det er stort behov for innsikt i korleis vi kan forstå, ta i bruk og utvikle kunstig intelligens i utdanning og forsking, og SLATE tek del i satsinga UiB AI. Målsetjinga med UiB AI er å koordinere og gjere synleg forsking, utdanning og innovasjon innan kunstig intelligens ved universitetet, og legge til rette for samarbeid på tvers av fagmiljøa og med partnarar utanfor UiB. Departementet legg opp til å løyve 3 mill. kroner gjennom SLATE for å styrke denne satsinga innanfor kunstig intelligens.

Departementet legg opp til å løyve 1,2 mill. kroner til HK-dir for oppdraget med å vidareføre ADMOD-prosjektet i Statistisk sentralbyrå (SSB). Prosjektet framskriv langsiktige behov for og tilgang på kompetanse i Noreg. ADMOD er ei samfinansiering med Nærings- og fiskeridepartementet, med prosjektperiode 2021–24. Prosjektet er knytt til arbeidet i Kompetansebehovsutvalet (KBU).

Departementet legg opp til å løyve 4,9 mill. kroner til nye analysar, forsøk og utgreiingar. Her inngår mellom anna eit forskingsprosjekt om medborgarskap, og eit oppdrag til HK-dir om konsekvensar av pandemien i høgare utdanning. Deler av løyvinga kan og bli nytta til digitale utviklingsprosjekt i sektoren.

Tabell 4.1 Løyvingar på kap. 201, post 21

(1 000 kr)

Program for framtidig deling av data om utdanning og forsking: Kunnskapssektorens datafellesskap (KUDAF)

20 000

Kunnskapssenter for utdanning ved Universitetet i Stavanger (KSU). Senteret skal ha oversyn over og formidle nasjonal og internasjonal forsking som kan gi innsikt i kva som medverkar til kvalitet i utdanninga og opplæringa

14 000

Fagmiljø for læringsanalyse (Center for the Science of Learning & Technology SLATE) ved Universitetet i Bergen

6 500

Nye analysar, forsøk og utgreiingar

4 923

Forsking på kunstig intelligens i utdanning og forsking gjennom SLATE/UiB

3 000

Kunnskapsdepartementets statistikkavtalar med SSB, OECD og EU

2 450

ADMOD-prosjektet i SSB

1 200

Totalt

52 073

Post 50 Noregs forskingsråd - forsking om utdanning og forsking

Departementet foreslår å opprette ein ny post i 2024 som skal finansiere aktivitetar i Forskingsrådet som styrker analyse- og kunnskapsgrunnlaget om sektorane departementet har ansvaret for. Midlane er flytta frå kap. 201, post 21 i samband med ny poststruktur for FoU-løyvingar til Forskingsrådet.

Mål for 2024

Eit godt kunnskapsgrunnlag for utforminga av kunnskapspolitikken.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 230,6 mill. kroner på post 50.

Porteføljar og ordningar i Forskingsrådet skal fremje forsking av høg kvalitet om og for utdanningssektoren og bidra til å nå måla i Kunnskapsdepartementets strategi for utdanningsforsking. Mellom anna skal midlane fremje metodemangfald, styrke vitskapleg kompetanse der forskingstradisjonane er svake, og stimulere både til samarbeid på tvers av forskingsdisiplinar og til brukarmedverknad i utdanningsforskinga. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga til Forskingsrådet i 2024.

Forsking innovasjon er viktige for omstillinga av næringslivet og utviklinga av samfunnet. Ei eiga satsing i Forskingsrådet (FORINNPOL) har finansiert tre senter som har styrkt kunnskapsgrunnlaget for forskings- og innovasjonspolitikken. Det er stort behov for innsikt i korleis vi kan forstå og utvikle kvalitet i forskinga, korleis vi betre kan ta forsking i bruk, på kva måte resultat og effektar av forsking oppstår, og kva som kan fremje omstillinga til ein meir berekraftig og smartare norsk økonomi. Departementet foreslår å løyve 13,5 mill. kroner til formålet i 2024.

I 2021 blei det flytta midlar frå Statped til å opprette eit senter for forsking på spesialpedagogikk og inkludering. I 2023 blei det løyvd 7 mill. kroner til dette senteret. Departementet foreslår å flytte ytterlegare midlar, slik at det i 2024 totalt blir løyvd 8,5 mill. kroner til Senter for spesialpedagogisk forsking og inkludering (SpedAims) gjennom Noregs forskingsråd. Senteret er eit samarbeid mellom universiteta i Oslo, Bergen og Stavanger, og Agder og Nord universitet.

Tabell 4.2 Løyvingar på kap. 201, post 50

(1 000 kr)

Midlar til forsking om og for utdanning og kompetanse i Noregs forskingsråd. Midlane finansierer forskings- og innovasjonsprosjekt i utdanningssektoren på alle nivå i utdanningsløpet

208 600

Forsking om forskings- og innovasjonspolitikk gjennom Noregs forskingsråd

13 500

Senter for spesialpedagogisk forsking og inkludering (SpedAims) gjennom Noregs forskingsråd

8 500

Totalt

230 600

Programkategori 07.20 Grunnopplæringa

Utgifter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

220

Utdanningsdirektoratet

631 094

669 246

712 9016,5

221

Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

14 779

16 141

17 0125,4

222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

160 378

129 353

149 04615,2

223

Diamanten skole

27 473

28 9835,5

224

Tilskot til freds- og menneskerettssenter

124 532

125 662

133 6986,4

225

Tiltak i grunnopplæringa

1 826 874

2 384 721

2 595 0808,8

226

Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

3 599 465

2 825 930

3 140 242

11,1

227

Tilskot til særskilde skular

229 867

222 277

244 178

9,9

228

Tilskot til private skular o.a.

6 205 834

6 489 436

7 169 329

10,5

229

22. juli-senteret

52 667

50 485-4,1

230

Statleg spesialpedagogisk teneste

654 161

623 053

666 4357,0

Sum kategori 07.20

13 446 984

13 565 959

14 907 3899,9

Inntekter under programkategori 07.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

3220

Utdanningsdirektoratet

842

2 478

2 587

4,4

3222

Statlege skular og fjernundervisningstenester

24 482

20 986

21 909

4,4

3223

Diamanten skole

685

715

4,4

3225

Tiltak i grunnopplæringa

80 549

76 128

302 337

297,1

3230

Statleg spesialpedagogisk teneste

30 160

33 264

35 045

5,4

Sum kategori 07.20

136 033

133 541

362 593

171,5

Innleiing

Grunnopplæringa skal sikre inkludering, meistring og kvalifisering. Den norske fellesskulen skal gi elevane gode fagkunnskapar, ferdigheiter og eit breitt grunnlag for vidare utdanning, arbeid og deltaking i samfunnslivet. At barn og unge med ulik bakgrunn lærer saman i skulen, er viktig for fellesskapet, det bygger ned skilnader og bygger opp tilliten vi har til kvarandre. Opplæringa skal bidra til eit berekraftig samfunn med små skilnader og høg tillit. Alle barn og elevar skal ha likeverdige moglegheiter, uavhengig av familiebakgrunn. Barn og unge med behov for særskild tilrettelegging skal bli fanga opp tidlegare, slik at dei kan få den hjelpa og støtta som dei har rett til. Tidlegare innsats vil bidra til å førebygge at utfordringane og tilretteleggingsbehova for barn og unge vert endå større, og vil gi barn betre grunnlag for trivsel, utvikling og læring frå første stund.

Følgande overordna mål for Kunnskapsdepartementet er særleg relevante for løyvingane under programkategori 07.20:

  • Kunnskapssektoren har tilbod av høgare kvalitet

  • Sterkare felles opplærings- og utdanningsmiljø fremjar inkludering, motivasjon og meistring

  • Ein meir samordna og tidlegare innsats for alle barn og unge

  • Medarbeidarane i kunnskapssektoren har meir relevant kompetanse

  • Opplæring og utdanning som gir fleire relevant kvalifisering

  • Kompetanseheving og livslang læring er meir tilgjengeleg for alle over heile landet

Grunnopplæringa er i hovudsak finansiert av dei frie inntektene til kommunane og fylkeskommunane, det vil seie rammetilskotet og skatteinntekter. Kommunane og fylkeskommunane har eit sjølvstendig ansvar for å budsjettere midlar til grunnopplæringa etter lokale prioriteringar og behov. Dette gjeld midlar til både drift, investeringar og kvalitetsutvikling av grunnopplæringa. Fylkeskommunane gir tilskot til lærebedriftene etter satsar som er fastsette av staten. Nedanfor følger hovudprioriteringane til regjeringa for 2024, deretter ein omtale av ulike tema innanfor grunnopplæringa, med både vurdering av tilstanden og forslag til tiltak for å møte utfordringane. Samla sett viser omtalen korleis tiltak i sektoren skal medverke til å nå dei overordna måla til regjeringa.

For statistikk og meir informasjon om ressursbruken i grunnopplæringa, sjå del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa. Sjå òg del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Hovudprioriteringar for 2024

Regjeringa skal legge fram ei stortingsmelding om 5.–10. trinn i 2024 med hovudmål om å styrke læringa, utviklinga, motivasjonen og meistringa til elevane, mellom anna gjennom å bidra til meir praktisk læring i skulen.

I samband med meldinga foreslår departementet å løyve 127 mill. kroner til ei tilskotsordning for utstyr og læringsarenaer for meir praktisk, variert og relevant læring i skulen. Dette vil styrke arbeidet med å realisere potensialet som ligg i det nye læreplanverket.

Regjeringa foreslår også å innføre ei ny åtteårig rentekompensasjonsordning til kommunane for investeringar i læringsarenaer og større utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring. Regjeringa tek sikte på at rentekompensasjonsordninga skal ha ei total investeringsramme på 8 mrd. kroner. Departementet foreslår at ein mrd. kroner blir fasa inn i statsbudsjettet for 2024. Ordninga trer i kraft frå og med andre halvår 2024.

Som eit ledd i å nå hovudmålet med stortingsmeldinga foreslår departementet å styrke arbeidet for eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø med 35 mill. kroner. 25 mill. kroner skal gå til ein pakke som skal bidra til auka kompetanse i sektoren, slik at fleire elevar får eit trygt og godt skulemiljø og mobbetala går ned. Utdanningsdirektoratet vil få ansvaret for denne. I tillegg foreslår departementet å styrke statsforvaltarembeta med 10 mill. kr, både for å styrke det forebyggande arbeidet embeta gjer for å støtte og rettleie skulane og kommunane med å utvikle trygge skulemiljø og for å få ned tida for saksbehandlinga i skulemiljøsaker.

For å styrke læringa, utviklinga, motivasjonen og meistringa til elevane foreslår departementet setje av 20 mill. kroner til innsats for lesemotivasjon og leseferdigheiter. I tillegg foreslår departementet å halde fram styrkinga av tilskotet til skulebiblioteka med ein auke på ytterlegare 5 mill. kroner i 2024, til totalt 30 mill. kroner.

Regjeringa held fram med både å auke kvaliteten i SFO og å senke foreldrebetalinga. Frå hausten 2023 er tilbodet om 12 timar gratis SFO per veke utvida til også å omfatte 2. trinn. Det gir familiar ei gjennomsnittleg årleg innsparing på om lag 20 000 kroner. Heilårsverknaden i 2024 for 2. trinn er 1,6 mrd. kroner. I tillegg foreslår departementet å løyve 10 mill. kroner i 2024 til auka kompetanse for tilsette i SFO, mellom anna for å følge opp arbeidet med kompetansetilbod som Utdanningsdirektoratet sette i gang i 2023. Tilbodet skal støtte SFO-leiarane i arbeidet med utvikling av verksemda og implementeringa av rammeplanen for SFO.

Departementet foreslår å løyve ytterlegare 40 mill. kroner til å styrke oppfølginga av strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule, til totalt 85 mill. kroner. Ein del av dei nye midlane skal gå til å utgreie og etablere felles støttetenester for å betre regelverksetterlevinga og til å utvikle dei digitale fellesløysingane i skulesektoren. I tillegg er det behov for å styrke kunnskapsgrunnlaget gjennom å etablere eit koordinert forskingsprogram.

Regjeringa er oppteken av å sikre eit inkluderande og tilrettelagt tilbod for alle barn og elevar i barnehage og skule. Departementet foreslår å styrke kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis med 10 mill. kroner, slik at det samla blir løyvd 160 mill. kroner til dette arbeidet i 2024. I tillegg foreslår departementet å løyve 10 mill. kroner til læremiddelarbeid i Statped. Statped er i ein omstillingsperiode som har gjort verksemda landsdekkande. Som følge av dette har løyvinga til drift vore redusert i perioden 2020–23. Departementet foreslår å vidareføre løyvinga til Statped på 2023-nivå, slik at Statped får gode rammer til å ferdigstille dei faglege omstillingsprosessane i 2024, utan at eit større kutt går ut over tenestetilbodet til målgruppene Statped har ansvar for. Midlar frå tidlegare reduksjonar i løyvinga til Statped har gått til å bygge opp eit kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis for kommunar, fylkeskommunar og PPT. Det er viktig for regjeringa at fleire i kommunane har kompetanse innanfor spesialpedagogikk, og derfor held regjeringa fram styrkinga av kompetanseløftet. Samla sett har regjeringa styrkt innsatsen med 45 mill. kroner utover reduksjonen i midlane frå Statped.

Regjeringa held fram med å styrke løyvingane til samiske formål og vil auke rammeløyvinga til Sametinget med 3,6 mill. kroner til oppfølging av innsatsområda i Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høyere utdanning. I tillegg foreslår departementet å setje av til saman 8 mill. kroner til samisk fjernundervisning, inkludert eit nytt prosjekt for å betre kvaliteten i fjernundervisninga.

Ny opplæringslov er vedteken i Stortinget i juni 2023 og vil etter planen gjelde frå hausten 2024, jf. Innst. 442 L (2022–2023) og Prop. 57 L (2022–2023) Lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova). Den nye lova inneber viktige endringar i retten til vidaregåande opplæring, som er omtalte i avsnitta under. Med ny opplæringslov får elevar på 8.–10. trinn rett til opplæring i ei eiga gruppe på det skriftspråket kommunen ikkje har vedteke som hovudmål dersom minst 10 elevar på eit av trinna ønsker det. I dag gjeld retten berre i barneskulen. Regjeringa foreslår å kompensere kommunane med 41,7 mill. kroner over rammetilskotet til å dekke meirkostnader som følger av den utvida retten frå hausten 2024. I samband med den nye lova foreslår regjeringa òg 5 mill. kroner over rammetilskotet til fylkeskommunane til å finansiere ein ny rett til opplæring for barn som er pårørande til søsken eller foreldre som er innlagde på helseinstitusjon. Vidare foreslår regjeringa totalt 0,7 mill. kroner til kommunar og fylkeskommunar over rammetilskotet til utvida plikt til å sørge for ulykkesforsikring til også å omfatte personar som deltek i førebuande opplæring og vidaregåande opplæring for vaksne.

Regjeringa har i budsjettforslaget prioritert om lag 1,2 mrd. kroner til den største reforma i vidaregåande opplæring sidan Reform 94. Med ny opplæringslov som etter planen skal gjelde frå hausten 2024, får elevane rett til opplæring til dei har fullført vidaregåande opplæring. Regjeringa prioriterer 319,9 mill. kroner for å finansiere denne retten med eit øyremerkt tilskot i 2024. Frå hausten 2024 skal det etter planen òg bli innført ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering som gir alle med studie- eller yrkeskompetanse sjansen til å ta eit nytt fagbrev. Regjeringa foreslår 188,6 mill. kroner til å finansiere retten over rammetilskotet til fylkeskommunane.

Fleire andre lovendringar i ny opplæringslov som skal bidra til auka fullføring av vidaregåande opplæring, blir òg finansierte med heilårseffekt i budsjettforslaget. Det omfattar å utvide øvre aldersgrense for målgruppa for oppfølgingstenesta frå 21 til 25 år, tilgang til rådgiving for lærlingar, ei plikt til å sørge for rådgiving for vaksne i grunnopplæringa, ein rett til særskild norskopplæring for vaksne i grunnopplæringa og ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å gi ein trygg og god overgang frå grunnskulen til vidaregåande opplæring. Regjeringa foreslår høvesvis 5,2 mill. kroner og 58,4 mill. kroner over rammetilskota til kommunane og fylkeskommunane for å finansiere desse endringane med heilårseffekt i 2024. Hausteffektane blei lagde inn i 2023-budsjettet.

Regjeringa foreslår 60 mill. kroner til å auke bortebuarstipendet for elevar i vidaregåande opplæring for å bidra til at geografi og privatøkonomi ikkje skal vere eit hinder for at unge får den opplæringa dei ønsker seg. Heilårseffekten er 120 mill. kroner og inneber ein auke på 10 pst. utover venta prisvekst for 2024. I tillegg foreslår regjeringa å auke utstyrsstipendet for elevar i vidaregåande opplæring med 40 mill. kroner for å gi betre samsvar mellom stipendet og utgiftene elevane har til nødvendig utstyr i opplæringa. Forslaga er omtala under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Regjeringa foreslår å løyve 485 mill. kroner til tiltak for å kvalifisere og formidle fleire til læreplass. I tillegg foreslår regjeringa å auke tilskotet til ordninga Fagbrev på jobb med 23,2 mill. kroner, slik at fleire kan ta eit fagbrev medan dei er i arbeid. Satsinga på Yrkesfaglærarløftet er foreslått auka med 10 mill. kroner. Lærlingtilskotet vil i 2024 ikkje bli prisjustert fullt ut. Tiltaket gir ei innsparing på om lag 66 mill. kroner og rammetilskotet til fylkeskommunane blir foreslått redusert tilsvarande. Dette må sjåast i samanheng med den kraftige auken av tilskotet til fylkeskommunane for å kvalifisere og formidle fleire til læreplass, som blir vidareført i budsjettforslaget for 2024. I kommuneproposisjonen for 2024 blei det varsla at regjeringa tek sikte på å vidareføre tilskotet på om lag dagens nivå ut perioden til Samfunnskontrakten for fleire læreplassar (2022–2026).

Eksamen er viktig både for den einskilde elev og for tilliten samfunnet og arbeidslivet har til den kvalifiseringa elevar og lærlingar får gjennom opplæringa. Nye læreplanar som følge av fagfornyinga, bruk av digitale verktøy, men også utvikling av kunstig intelligens gir behov for å vidareutvikle eksamens- og vurderingsfeltet. Samstundes viste eksamensgjennomføringa våren 2023 uønskte sårbarheiter. I tillegg bruker Utdanningsdirektoratet inntil vidare ressursar på å gjennomføre nokre eksamenar i den gamle løysinga fordi det nye gjennomføringssystemet ikkje støttar dagens ordning med todelt eksamen. Det er læreplanane som ligg til grunn for både opplæringa og eksamen. Endring til heildigital eksamen utan moglegheit for todeling er for nokre fag møtt med kritikk frå lærarorganisasjonane og universitets- og høgskulesektoren. Ei løysing som varetek utfordringane dei tek opp, blir utgreidd saman med partane. Departementet foreslår derfor å styrke arbeidet med eksamen og vurdering med 15 mill. kroner. Midlane skal bidra til å trygge eksamensgjennomføringa, utvikling av eksamens- og vurderingsfeltet etter fagfornyinga og til å hindre uønskte hendingar i framtida. I tillegg foreslår departementet å løyve 11 mill. kroner for å auke timesatsen for sensur av sentralt gitt eksamen. Det skal bidra til å utjamne skilnaden som har utvikla seg mellom honorara for lokalt gitte sensoroppdrag og sentralt gitte sensoroppdrag. Auken skal bidra til å rekruttere fleire sensorar.

Departementet vil legge om ordninga med talentsenter i realfag. Tilbodet skal auke motivasjon og meistring i realfag for ei breiare elevgruppe enn i dag. Målgruppa for tilbodet skal dreiast frå å gjelde einskildelevar til å omfatte heile elevgrupper. I samband med omlegginga foreslår departementet å auke løyvinga til vitensenter med 5 mill. kroner.

Departementet foreslår å innføre ein ny tilskotsmodell for private grunnskular. Den nye modellen er i hovudsak ei vidareføring av prinsippa i modellen som gjaldt fram til 2020. I tillegg foreslår departementet å endre utrekningspraksisen for private grunnskular der kombinerte barne- og ungdomsskular er blitt kompenserte for smådriftsulemper to gonger. Ny tilskotsmodell og utrekningspraksis tek til å gjelde hausten 2024. Endringane vil bli fasa inn over fem år, slik at ny tilskotsmodell og utrekningspraksis er fullt innfasa frå hausten 2028. Ny tilskotsmodell og utrekningspraksis inneber isolert sett ein reduksjon av løyvingane til private grunnskular med 51,5 mill. kroner i budsjettforslaget for 2024.

Trivsel, motivasjon og læring

Ein fellesskule for alle sørger for at elevar med ulik bakgrunn og ulike interesser møtest og lærer saman. Opplæringa skal danne heile mennesket og gi kvar og ein høve til å utvikle evnene sine. Barn og unge lever her og no, og skulen må anerkjenne eigenverdien i barndommen og ungdomstida. Fagleg læring er ein sentral del av både dannings- og utdanningsoppdraget til grunnopplæringa. Fagleg læring kan ikkje isolerast frå sosial læring. I det daglege arbeidet spelar derfor elevane si faglege og sosiale læring og utvikling saman. Skulen skal støtte og bidra til den sosiale læringa og utviklinga til elevane gjennom arbeid med faga og i skulekvardagen elles. Eit raust og støttande læringsmiljø er grunnlaget for ein positiv kultur der elevane blir oppmuntra og stimulerte til fagleg og sosial utvikling. Opplæringa skal gi eit godt utgangspunkt for deltaking på alle område innanfor utdanning og arbeids- og samfunnsliv. Alle elevar har rett til eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring, jf. opplæringslova kap. 9 A.

Dei fleste elevar og lærlingar trivst i opplæringa, men det er fleire utfordringar i læringsmiljøet

Motivasjonen for skulearbeidet har gått ned

I Elevundersøkelsen 2022 rapporterer mange av elevane at dei har eit godt læringsmiljø med høg trivsel, fagleg utfordring og meistring. Dei opplever òg god støtte både heimanfrå og frå lærarane. Undersøkinga viser likevel at elevane er mindre nøgde med elevdemokrati, medverknad og undervegsvurdering, og dei rapporterer at dei er mindre motiverte for skulearbeid enn tidlegare. Elevane på 10. trinn er generelt sett noko mindre nøgde med læringsmiljøet enn elevane på 7. trinn og vg1. Slik har det vore lenge, men over tid skårar elevane på 7. trinn lågare på fleire indikatorar, og skilnaden mellom elevane på 7. trinn og 10. trinn no er mindre enn før. På 7. trinn har motivasjonen til elevane vore nedgåande sidan 2016. Elevane på 10. trinn har også blitt mindre motiverte dei to siste åra, etter mange år med stabile tal. Gjennomsnittleg skår på motivasjon er framleis lågast på 10. trinn, men skilnaden mellom 7. trinn og 10. trinn har blitt mindre sidan 2018.

Mobbinga har auka

I 2022 er det ein markant auke i mobbetal, særleg på 7. og 10. trinn. På 7. trinn opplever 9,9 pst. av elevane mobbing. Det er ein auke på 2 prosenteiningar samanlikna med året før. Auken er nesten like stor på 10. trinn, 1,8 prosenteiningar. Prosentdelen av elevar som svarer at dei opplever mobbing, går ned med stigande årssteg.

Figur 4.1 Prosentdelen elevar som har opplevd mobbing på skulen to–tre gongar i månaden eller oftare

Figur 4.1 Prosentdelen elevar som har opplevd mobbing på skulen to–tre gongar i månaden eller oftare

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Spørjeundersøkinga Ungdata 2022 viser mykje av dei same resultata som elevundersøkinga: den generelle trivselen i skulen er framleis høg, samstundes som vi ser at den delen som seier dei trivst, har gått noko ned over tid. Her kjem det òg fram at prosentdelen av elevar som ofte gruer seg til å gå på skulen, har auka over tid. Når det gjeld dei yngste barna, har vi lite kunnskap om praksis i norske førsteklasserom. Det er òg lite kunnskap om overgangen frå barnehage til skule.

Lærlingundersøkinga 2022 viser at 8 av 10 lærlingar trivst på arbeidsplassen. 9 av 10 svarer at dei trivst med kollegaene dei har i lærlingtida. Undersøkinga viser at 3,5 pst. svarer at dei er blitt mobba på arbeidsplassen i løpet av den siste månaden. Dette er eit tal som har vore stabilt over fleire år.

Bekymringsfullt skulefråvær

Vi har ikkje nasjonal statistikk over fråvær på 1.-9. trinn i skulen, og fråværstala på 10. trinn og i vidaregåande opplæring frå pandemiåra kan ikkje samanliknast med tidlegare år. Hausten 2023 fekk departementet dei første tala som kan samanliknast med åra før pandemien, og dei viser at både det generelle fråværet og det fråværet som reknast som bekymringsfullt, har gått opp for 10. trinn. Funn frå nasjonale undersøkingar tyder òg på at det kan ha vore ein auke i talet på elevar med bekymringsfullt skulefråvær på dei andre trinna i skulen. Over halvparten av skuleleiarane og skuleeigarane som svarte på undersøkinga Spørsmål til Skole-Norge hausten 2022, svarte at dei har erfart ein auke i skulefråværet. Våren 2023 svarte endå fleire av skuleleiarane i den same undersøkinga at dei har erfart ein auke. Samstundes svarer eit fleirtal av skuleleiarar i denne undersøkinga at dei ikkje meiner skulemiljø er hovudårsaka til aukinga, men heller individuelle faktorar som psykisk uhelse og andre utviklingstrekk utanfor skulen. Auke i bekymringsfullt skulefråvær etter pandemien er ein trend som kan observerast i fleire andre land, både i og utanfor Norden.

Vald og truslar mot lærarane

Levekårsundersøkinga til Statistisk sentralbyrå frå 2019 viser at 26 pst. av grunnskulelærarane har vore utsette for vald og truslar. Tilsvarande tal for alle yrkesaktive i Noreg er 7 pst.

Stort sett stabile læringsresultat, men nokre utviklingstrekk gir grunn til bekymring

Læringsresultata for norske elevar er jamt over stabile, men nokre utviklingstrekk gir likevel grunn til bekymring.

PISA-resultata frå 2018 viste ein nedgang i leseresultata for norske 15-åringar. Mot slutten av 2023 kjem det nye PISA-resultat som vil gi meir informasjon om utviklinga i leseferdigheiter for denne aldersgruppa.

Den internasjonale undersøkinga Progress in International Reading Literacy Study (PIRLS) for 2021 viser ein tydeleg nedgang i leseferdigheiter for norske 10-åringar. Alle dei nordiske landa har svakare resultat samanlikna med førre undersøking frå 2016, men nedgangen er størst i Noreg. Det er dessutan nesten ei dobling av elevar på lågt og under lågaste meistringsnivå. Undersøkinga viser at det er ein klar samanheng mellom familiens sosioøkonomiske status og leseprestasjonane til elevane. Jentene presterer framleis betre enn gutane. Minoritetsspråklege elevar har framleis svakare gjennomsnittlege leseprestasjonar samanlikna med majoritetsspråklege elevar.

Ifølge Utdanningsdirektoratets analysar viser dei nasjonale prøvene i hovudsak inga vesentleg endring i prestasjonane til elevane. På 5., 8. og 9. trinn presterer gutane litt betre enn jentene i rekning, medan det er motsett i lesing. På 5. trinn presterer gutane litt betre enn jentene engelsk, men på 8. trinn er resultata i engelsk meir jamne.

Sjå meir statistikk om læringsresultat i del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.

Innsats for betre trivsel, læring og motivasjon

Stortingsmelding om 5.–10. trinn

På bakgrunn av nokre av dei bekymringsfulle utviklingstrekka det er vist til over, vil regjeringa legge fram ei melding om 5.–10. trinn i 2024. Forslaga frå kvalitetsutviklingsutvalet skal òg følgast opp i meldinga. Utvalet leverer sin sluttrapport hausten 2023.

Meldinga har som hovudmål å bidra til å styrke læringa, utviklinga, motivasjonen og meistringa til elevane, mellom anna gjennom å bidra til meir praktisk læring i skulen. I tillegg skal meir praktisk læring kunne førebu elevane betre til både yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. Det nye læreplanverket, som vart teke i bruk hausten 2020, legg stor vekt på det praktiske og utforskande i mange fag, men det er likevel behov for å sjå på fleire moglege tiltak som kan bidra til å realisere potensialet i fagfornyinga, og korleis innhaldet i skulen kan opplevast meir relevant for elevane.

Regjeringa har lagt opp til brei involvering, særleg av elevar og dei som jobbar i skulen, i arbeidet med meldinga og i utviklinga av tiltak. Dei sentrale partane i skulesektoren er viktige innspels- og dialogpartar, og Kunnskapsdepartementet har til dømes etablert eit eige elevpanel, og fleire dialogkommunar har gitt innspel i arbeidet. Alle interessentar er oppmoda om å gi innspel via ei eiga nettside på regjeringen.no.

På bakgrunn av innspela foreslår departementet å løyve 127 mill. kroner til ei tilskotsordning for utstyr og læringsarenaer, samt å løyve 15 mill. kroner til oppstart av ein rentekompensasjonsordning til kommunane for investeringar i læringsarenaer og større utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring. I tillegg foreslår departementet ein auke på 35 mill. kroner til tiltak for eit trygt og godt skulemiljø og ein auke på 20 mill. kroner til innsats for lesemotivasjon og leseferdigheiter.

Innsats for eit trygt og godt skulemiljø

Barn og unge skal ha eit trygt og godt skulemiljø, og mobbing på skulen og andre arenaer skal førebyggast og takast raskt tak i. I den nye opplæringslova er kapittel 9 A gjennomgått, og det er gjort mindre endringar som skal bidra til å vareta rettstryggleiken til både elevar og lærarar på ein betre måte.

Reglane for skulemiljø inkluderer handhevingsordninga, som gir elevar og foreldre høve til enkelt å melde saker til statsforvaltaren dersom skulen ikkje oppfyller aktivitetsplikta. Statsforvaltarane opplever framleis aukande saksmengd. I 2022 blei det meldt 1740 saker, mot 1332 i 2021. Dette påverkar kapasiteten i embeta. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i 2022 var 71 dagar for saker der aktivitetsplikta blei vurdert, ein nedgang frå 82 dagar i 2021. Dette er den kortaste gjennomsnittstida sidan 2019, og det er ei positiv utvikling. Samtidig er det eit stort spenn i saksbehandlingstida mellom embeta, frå 37 dagar til 162 dagar. Det er viktig å følge utviklinga nøye framover.

Det er fleire ulike nasjonale kompetansetiltak som skal gi barnehagar, skular og eigarar støtte til å bygge trygge og gode miljø og til å førebygge, avdekke og handtere mobbing. Til dømes finst det mobbeombod, rettleiingstilbodet Læringsmiljøprosjektet, ulike nettbaserte tilbod, vidareutdanning for skuleleiarar og tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling. Det er òg støtte til læringsmiljø- og mobbeprogram. I tillegg har regjeringa gitt Utdanningsdirektoratet eit omfattande oppdrag om å gå gjennom og samordne eksisterande tiltak for å støtte arbeidet med å utvikle inkluderande, trygge og gode barnehage- og skulemiljø. Direktoratet skal òg vurdere kva behov for kompetanseutvikling skulane no treng for å bli betre til å bygge trygge og gode skulemiljø. Direktoratet har i tillegg fått i oppdrag å undersøke om det er systematikk i kva for brot det er på kapittel 9 A i opplæringslova. Funna viser at dei mest typiske sakene hos statsforvaltarane er komplekse og samansette, og dei har vart over lang tid. Det er flest brot på plikta til å undersøke og plikta til å setje inn tiltak. Direktoratet leverer svar på heile oppdraget i desember 2023. I tillegg inviterte departementet sentrale aktørar, statsforvaltarar, mobbeombod, representantar frå UH-sektoren, skuleeigarar og skuleleiarar til eit arbeidsseminar for å diskutere og vurdere kva som må til for at skulane skal vere trygge for alle barn og unge, og for å snu den negative utviklinga vi ser.

Dembra – demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme og udemokratiske haldningar – skal fremje eit trygt og godt skulemiljø og gi kompetanseutvikling innanfor tema som skal motverke fordommar, hatefulle ytringar og gruppefiendtlege haldningar, slik at elevane kan reflektere over korleis til dømes gruppetenking påverkar måten vi ser på oss sjølve og «dei andre» på, og korleis orda vi bruker, kan påverke andre.

Utdanningsdirektoratet har fått i oppdrag å skaffe meir kunnskap om kva som kan forklare den negative utviklinga vi har sett i korleis elevane opplever skulemiljøet, og om det er skilnader mellom ulike grupper av elevar.

Utdanningsdirektoratet har òg fått i oppdrag å greie ut fleire spørsmål knytte til skulefråvær, inkludert kva tiltak som kan setjast inn for å bremse utviklinga både på kort og på lang sikt. Direktoratet skal vidare sjå på korleis vi kan få betre nasjonal informasjon om fråvær i skulen. I den nye opplæringslova er plikta til å følge opp skulefråvær lovfesta og tydeleggjord.

Dagens barn og unge møter digitalisering og ny teknologi på alle arenaer. Det gir moglegheiter, men også utfordringar som vi må lære meir om. Vi treng meir kunnskap om konsekvensane av skjermbruk og kva det gjer med læring, merksemd og ferdigheiter. Regjeringa har derfor sett ned eit nytt utval som skal summere opp kunnskapsgrunnlaget knytt til kva konsekvensar skjermbruken har på søvnen, den psykiske helsa og læringsutfordringane til barn og unge, og foreslå tiltak der utvalet avdekker særlege utfordringar. Utvalet skal levere innstilling innan 1. november 2024.

Departementet tek utfordringane med vald i skulen svært alvorleg. Det er arbeidsmiljølova som regulerer arbeidsmiljøet til dei tilsette i skulen, medan det er opplæringslova og privatskulelova som skal sikre at alle elevar har eit trygt og godt skulemiljø. Departementet har sendt på høyring eit forslag til reglar om korleis ein kan avverje skade, og i kva grad ein kan gripe inn fysisk. Reglane gjer det tydelegare når lærarar kan gripe fysisk inn mot elevar. I tillegg blir det foreslått reglar om førebygging, dokumentasjon og meldeplikt.

Departementet har gitt Utdanningsdirektoratet i oppdrag å foreslå korleis oppmodingsvedtak nr. 625 (2022–2023) om å rapportere årleg om statistikk og utviklinga når det gjeld vald og truslar i norsk skule, kan følgast opp. Utdanningsdirektoratet er bedt om å ha dialog med Arbeidstilsynet undervegs i arbeidet.

Oppfølging av fagfornyinga for å utvikle fellesskulen

Regjeringa vil realisere potensialet i fagfornyinga og vareta og vidareutvikle ein fellesskule der alle elevar har høve til å finne seg til rette, lære og oppleve meistring og utvikling. Det nye læreplanverket legg godt til rette for dette. Med fagfornyinga har mellom anna dei fleste faga fått ei meir praktisk og utforskande tilnærming, ikkje berre dei praktiske og estetiske faga.

Fagfornyinga blir evaluert i perioden 2020–25. Kunnskapen vi får frå evalueringa og andre kunnskapskjelder om kvaliteten i skulen, er viktig når regjeringa vurderer om det er behov for nye tiltak eller justeringar. Evalueringa blir leia av eit programstyre som består av forskarar og representantar frå Utdanningsforbundet og KS. Programstyret skal sikre høg fagleg kvalitet i evalueringsprogrammet. Evalueringa er delt inn i fem prosjekt som undersøker ulike delar av fagfornyinga. Det handlar om prosessen med å utvikle læreplanane, kvaliteten på læreplanverket, korleis læreplanane blir tekne i bruk, og endringar i skulen som følge av fagfornyinga.

Undersøkingar viser at pandemien har påverka innføringa av fagfornyinga, og regjeringa ønsker å legge til rette for ei revitalisering av fagfornyinga ved å samarbeide med sentrale partar i skulesektoren og undersøke kva for støtte skulane treng i den vidare innføringa. Under pandemiåra brukte mange skular mest pengar på digitale læremiddel og mindre på bøker. Undersøkingar viser dessutan at norske barn les stadig mindre og bruker stadig meir tid på skjerm. Departementet foreslo derfor å løyve 115 mill. kroner ekstra til fysiske skulebøker i grunnskulen i revidert budsjett for 2023. Der blei det òg løyvd 30 mill. kroner til arbeidet med det nye læreplanverket i skulane. Målet er å styrke arbeidet i skulane med fagfornyinga, bidra til refleksjon og styrke ei felles forståing av intensjonen med fagfornyinga, verdiløftet og tverrfaglege tema. Arbeidet skal også bidra til vidare engasjement og gi fagleg påfyll.

Kvalitetsvurderingssystemet og korleis det kan bidra til kvalitetsutvikling

Dagens kvalitetsvurderingssystem består av ulike prøver, verktøy og datakjelder som er innførte på ulike tidspunkt og med ulike grunngivingar og formål. Regjeringa vil vidareutvikle kvalitetsvurderingssystemet til eit system som legg vekt på utvikling av fagleg og pedagogisk kvalitet, og som ikkje medverkar til detaljstyring og omfattande krav om rapportering og dokumentasjon. Som varsla i Hurdalsplattforma har regjeringa sett ned eit partssamansett utval som skal kartlegge og gjennomgå kva behov lærarar, skuleleiarar, skuleeigarar og nasjonale styresmakter har for verktøy, prøver og datakjelder til kvalitetsutvikling. Utvalet skal foreslå endringar i dagens kvalitetsvurderingssystem slik at det legg betre til rette for kvalitetsutvikling. Utvalet leverte ein delrapport i januar 2023 og vil levere hovudinnstilling hausten 2023.

Styrking av skulebiblioteka og ny leselyststrategi skal medverke til betre leseferdigheiter

Gode leseferdigheiter er avgjerande for elevane, både her og no og for det livet dei skal leve i framtida. Forsking tyder på at det å vere positivt innstilt til å lese er viktig for leseforståinga. Vi veit òg at gode lesarar har gode og formålstenlege lesestrategiar. Frå PISA-undersøkinga veit vi at bakgrunnen til elevane har innverknad på leseferdigheitene.

Regjeringa vil bidra til leselyst ved å styrke skulebiblioteka. Tilskotet skal saman med betre kommuneøkonomi medverke til at skulebiblioteka kan vere ein arena for leseglede for alle elevgrupper og i alle fag. Midlane skal vere med på å styrke arbeidet med lesestimulering og skape ein inkluderande arena som tek omsyn til dei ulike føresetnadene barn og unge har. Departementet foreslår å auke løyvinga til skulebibliotek med 5 mill. kroner i 2024, slik at tilskotsordninga samla er på 30 mill. kroner. Med dette forslaget har regjeringa dobla løyvinga til tilskotsordninga samanlikna med nivået i 2021. Regjeringa vil halde fram med å rette ein særleg innsats mot skulebibliotek i levekårsutsette område, og den foreslåtte auka er grunngiven med dette.

Departementet vil utvide ordninga for prosjekttilskot over kap. 225 post 74 til også å gjelde prosjekt for auka leseferdigheiter og leselyst. Departementet foreslår også å auke løyvinga på posten til totalt 10,1 mill. kroner.

Regjeringa ønsker å få fleire til å lese og Kunnskapsdepartementet samarbeider med Kultur- og likestillingsdepartementet om ein leselyststrategi. Departementa har fått innspel til strategien, både gjennom eit innspelsmøte og skriftlege innspel. Det er òg gjennomført eit seminar om leseforsking for å få innspel til strategien. Regjeringa skal etter planen legge strategien fram våren 2024.

Ei skulefritidsordning der alle barn får delta

SFO er ein viktig arena for inkludering. Tilbodet kan bidra til sosial utjamning ved å gi alle barn tilgang til ein felles arena for leik, læring, vennskap og kultur- og fritidsaktivitetar. Det er elevar som ikkje deltek i SFO på grunn av familieøkonomien, og regjeringa vil at alle barn skal ha høve til å delta i SFO. Frå hausten 2022 fekk alle elevar på 1. trinn og frå hausten 2023 fekk alle elevar på 2. trinn tilbod om tolv timar gratis SFO per veke. Desse tiltaka er no forskriftsfesta og blir vidareførte i 2024. Det har vore ein auke i deltakinga på 1. trinn frå 83 pst. i skuleåret 2021–22 til 92 pst. i skuleåret 2022–23.

Det har lenge vore stor variasjon i innhaldet i og kvaliteten på SFO-tilbodet, noko som blei omtalt i Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Hausten 2021 tok ny nasjonal rammeplan for SFO til å gjelde, og regjeringa vil vidareføre arbeidet med innføringa av denne. Ei evaluering av implementeringa av den nye rammeplanen er i gang, og regjeringa vil vurdere eventuelle tiltak når sluttrapporten ligg føre.

Kompetansen til dei tilsette er den viktigaste kvaliteten i SFO, og god kompetanse er særleg viktig for å inkludere utsette barn. Det har tidlegare vore få tilbod om kompetanseutvikling for SFO-tilsette, men i 2023 lyste Utdanningsdirektoratet ut tiltak om kompetanseheving for leiarane i SFO. Kompetansetilbodet skal støtte leiarane i å leie arbeid med utvikling av verksemda og å implementere rammeplanen, og i å kunne vurdere og utvikle kvaliteten i deira SFO. Regjeringa vil styrke kvaliteten på SFO-tilbodet og departementet foreslår å vidareføre løyvinga på 10 mill. kroner til tiltak for å styrke kompetansen blant tilsette i SFO.

Ein god skulestart – evaluering av seksårsreforma

Skulen skal legge til rette for at elevane får best mogleg utbyte av den ordinære opplæringa, og opplæringa skal tilpassast alder, modning og føresetnadene til elevane. Særleg for dei yngste barna i skulen er leik nødvendig for trivsel og utvikling. Dei nye læreplanane legg derfor vekt på at leiken skal ha ein særleg tydeleg plass dei første skuleåra. Undring og utforsking er òg viktig gjennom heile opplæringa.

Regjeringa er oppteken av at dei yngste elevane skal ha ein god skulestart og ein god skulekvardag. Det er i dag for lite kunnskap om kva for pedagogiske praksisar som pregar dei første skuleåra. OsloMet er i gang med ei evaluering av seksårsreforma, og ein første delrapport kom i desember 2022. Kunnskapen vi har så langt, teiknar eit variert bilde av skulekvardagen til dei yngste elevane. Neste delrapport vil gi eit meir utfyllande bilde av korleis skuledagen er lagd opp for dei yngste, denne delrapporten kjem hausten 2023, og sluttrapporten kjem i 2024. Forskarane er tydelege på at funna i den første rapporten er førebelse, og dei gir ingen tilrådingar. Dei vil gå i djupna på funna i vidare studiar. Regjeringa vil følge opp funn og vurdere eventuelle tiltak når evalueringa er ferdig.

Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule

Digitaliseringa er kanskje den største endringa som har skjedd i norsk skule dei siste åra. No nærmar vi oss ein situasjon der alle elevar på alle trinn har eigne digitale einingar, og stadig fleire digitale læremiddel og læringsplattformar inneheld kunstig intelligens, ofte for å styrke moglegheitene for læringsanalyse. Utviklinga krev auka kunnskap og kompetanse i sektoren og godt samarbeid på tvers av nivåa i forvaltninga. Regjeringa er oppteken av ein relevant, kunnskapsbasert og ansvarleg tilnærming til bruk av digitale løysningar i barnehagar og skuler, i tråd med rammeplanane for barnehagen og SFO og med læreplanverket for grunnopplæringa. Vi skal styre meir etter kva som gir god kvalitet på undervisninga, og unngå digitalisering for digitaliseringas skuld.

Kunnskapsdepartementet la våren 2023 fram ein ny strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule. Strategien viser utfordringar knytt til personvern, val, anskaffingar, bruk av læremiddel og den digitale kompetansen til skulen og lærarane. Strategien gjeld for barnehagar, grunnskular og vidaregåande opplæring i perioden 2023–30. Strategien fungerer som eit styringsdokument for utvikling av digital kompetanse og gir retning for gode val for digitaliseringa fram mot 2030. Strategien er laga saman med kommunal sektor og vil styrke felles forståing og effektiv ansvarsdeling mellom statleg og kommunalt nivå i tillegg til å gi eit betre kunnskapsgrunnlag om digitalisering. Blant sentrale tiltak er å utgreie og etablere felles støttetenester for å støtte skuleeigarane i arbeidet med å overhalde regelverket knytt til digitale læremiddel og å utvikle dei digitale fellesløysingane i skulesektoren, mellom anna tenestekatalog, standardisering av digitale læremiddel og ressursar og deling av data. Vidare skal det etablerast eit forskingsprogram for målretta forsking på tema for og om digitalisering og digital kompetanse i sektor.

Departementet foreslår å løyve ytterlegare 40 mill. kroner til å styrke oppfølginga av strategien for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule, til totalt 85 mill. kroner, sjå nærare omtale under kap. 226, post 21 og kap. 220, post 70.

Ekspertgruppa som skulle vurdere bruk av læringsanalyse i grunnopplæringa, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning leverte NOU 2023: 19 «Læring, hvor ble det av deg i alt mylderet? Bruk av elev- og studentdata for å fremme læring» i juli 2023. Rapporten er sendt på høyring. Departementet vil sjå oppfølginga av rapporten og høyringa i samanheng med Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule og oppfølginga av Personvernkommisjonens rapport (NOU 2022: 11).

Sosial utjamning og inkluderande fellesskap for ei mangfaldig elevgruppe

Ein del barn og unge har eit vanskelegare utgangspunkt enn andre

Dei økonomiske skilnadene i samfunnet er aukande, krava til formell kompetanse i arbeidslivet blir større, og behovet for arbeidskraft aukar i takt med at vi går inn i ei tid med fleire eldre og færre yrkesaktive. Utdanning medverkar til høgare deltaking i samfunns- og arbeidslivet, og utdanning er derfor ein nøkkel til å løyse utfordringane samfunnet står framfor. Den norske fellesskulen rommar ei mangfaldig elevgruppe og skal gi alle elevar god opplæring, same kva sosial bakgrunn dei har. Utdanningsløpet skal gi større moglegheiter for den einskilde og mindre skilnader for samfunnet. Likevel er det for mange som av ulike årsaker ikkje får godt nok utbyte av opplæringa. Familiebakgrunnen til elevane, som utdanninga og inntekta til foreldra og manglande norskferdigheiter, har i dag for mykje å seie for skuleprestasjonane deira.

Ifølge SSB fullfører 81 pst. av alle som byrjar på vidaregåande opplæring, høvesvis innan fem år etter at dei starta på studieførebuande, og innan seks år etter at dei starta på yrkesfag. Det er 9 prosenteiningar høgare enn for ti år sidan. Det er ein særleg sterk samanheng mellom resultat i grunnskulen og det å fullføre vidaregåande opplæring. Fullføringa dei siste åra auka mest blant innvandrarar, elevar med foreldre som har lite utdanning, og elevar med svake karakterar frå grunnskulen. Det er likevel framleis store sosiale skilnader.

Det er stor variasjon i korleis elevar med innvandrarbakgrunn gjer det på skulen. Sosial bakgrunn og manglande norskferdigheiter er to viktige forklaringar på at ein del elevar med innvandrarbakgrunn ikkje presterer på nivå med andre elevar. Det er særleg elevar som sjølve har innvandra til Noreg og har kort butid i landet, som har utfordringar med norskferdigheiter og skuleresultata. Sjå statistikk om læringsresultat i del III, kap. 6 Nøkkeltal for grunnopplæringa.

Nokre bustadområde i dei større byane er prega av opphoping av levekårsutfordringar, til dømes lågt utdanningsnivå, svak tilknyting til arbeidslivet, låg gjennomsnittsinntekt og tilhøyrande barnefattigdom. I Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader, som bygger på NOU 2020: 16 Levekår i byer, peikar regjeringa på at det å bu i utsette område kan ha negative konsekvensar for utdanninga til barna, det kan påverke resultata i opplæringa og i kva grad elevane gjennomfører vidaregåande opplæring.

Elevar med behov for særskild tilrettelegging får ikkje alltid den støtta dei har rett på

Tidlegare innsats krev eit sterkare lag rundt barna og elevane – eit lag som har kompetanse som blir nytta på best mogleg vis til å oppdage ulike utfordringar, og til å legge til rette for det pedagogiske tilbodet for alle barn og unge.

Ifølge opplæringslova § 1-3 skal opplæringa tilpassast behova og føresetnadene til elevane, slik at dei får best mogleg utbyte av opplæringa. Elevar som ikkje har eller ikkje kan få tilfredsstillande utbyte av det ordinære opplæringstilbodet, har rett på spesialundervisning, jf. § 5-1. I skuleåret 2022–23 fekk 7,8 pst. av elevane spesialundervisning. Det er omkring tre gongar så mange elevar som får spesialundervisning på 10. trinn som på 1. trinn.

Mange elevar får ikkje tilpassa og inkluderande opplæring i samsvar med det regelverket tilseier. Fleire elevar med behov for særskild tilrettelegging blir oppdaga for seint, og opplæringa er ikkje alltid tilpassa dei føresetnadene og behova som elevane har, jf. mellom anna Innst. 188 S (2019–2020), Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO og rapporten frå ekspertutvalet for barn og unge med behov for særskild tilrettelegging (Nordahl-rapporten) frå 2018. Mangel på riktig tilbod og oppfølging kan kome av utfordringar i samarbeidet mellom tenester. Det er stor variasjon mellom kommunar i korleis dei organiserer tverrfagleg samarbeid mellom tenestene.

Utfordringar i kvardagen når det gjeld koordinering av tenester

Mange familiar med barn som har behov for samansette tenester, har utfordringar i kvardagen, og fleire av desse opplever manglande koordinering og lite informasjon om tenestene. Fleire offentlege utgreiingar, tilsyn og forsking viser at dei ulike velferdstenestene ikkje samarbeider godt nok i mange saker, og at dette svekker tilbodet barn og unge får. Samanfatta peikar dei på at barn og unge ikkje har fått den oppfølginga dei har behov for. Dette handlar om manglande struktur og systematikk – og manglande oppfølging og koordinering av samarbeidet mellom tenestene. Kompleksiteten utfordrar systema i ein sektorvis velferdsstat der dei ulike tenestene først og fremst ser og fangar opp den delen dei sjølve er ansvarlege for. Utfordringane blir derfor særleg tydelege i grenseflatene mellom tenestene – som når ingen opplever at dei har eit tydeleg ansvar.

Eigeninnsatsen til føresette kan ofte vere avgjerande i mange saker, både for å initiere sakene og for å gi dei som yter tenestene, tilstrekkeleg informasjon til å vurdere sakene. Dei ulike tenestene er òg sette til å løyse ulike saker, og resultata er gjerne ikkje vurderte ut frå det totale behovet hos brukarane.

Innsats for sosial utjamning og inkluderande fellesskap for alle

Stortingsmelding om sosial mobilitet og sosial utjamning

Regjeringa har allereie gjort mykje for å dempe skilnadene i samfunnet, mellom anna ved å styrke det universelle tenestetilbodet for barn og unge, som rimelegare barnehage, gratis kjernetid i SFO for dei minste og auka barnetrygd. Denne politikken held vi fram med å utvikle, og innsatsen retta mot barn, unge og familiane deira er viktig for å gjere noko med dei tunge strukturane i samfunnet. Det er nødvendig med tidleg innsats for å gi alle like sjansar til å utvikle seg, ta eigne val og skape seg eit godt liv.

For å lukkast må vi sjå breitt og heilskapleg på livet til barn og unge. Vi må ta grep på arenaene der dei og foreldra deira er, slik som barnehage, skule, helsetilbod og fritidsaktivitetar. Derfor vil regjeringa legge fram ei stortingsmelding om sosial mobilitet og sosial utjamning for barn og unge og familiane deira. Dette er eit arbeid som fleire departement samarbeider om – Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet. Formålet med meldinga er å forsterke politikken for å redusere sosiale skilnader og motverke at dårlege levekår går i arv. Meldinga skal mellom anna sjå på betydninga av dei første leveåra til barnet, inkludert svangerskap, innverknaden av barnehage og skule, og overgangar frå barn til ungdoms- og vaksenliv, utdanning og arbeid. Stortingsmeldinga skal følge opp ekspertgruppa for barn i fattige familiar, som skal levere rapporten sin i oktober 2023, og ekspertgrupperapporten om betydninga av barnehage, skule og SFO for sosial utjamning og sosial mobilitet, som blir lagd fram våren 2024.

Arbeidet med stortingsmeldinga vil mellom anna bli sett i samanheng med arbeidet med samfunnsoppdrag som blei lansert i Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2023–2032, og som har som mål å inkludere fleire barn og unge i utdanning og arbeids- og samfunnsliv gjennom ein målretta innsats på tvers av sektorar. Med samfunnsoppdraget om barn og unge ønsker regjeringa å ta skikkeleg grep om utfordringa med ungt utanforskap. Regjeringa kan ikkje løyse dette åleine, det er nødvendig at mange aktørar medverkar. Saman med kommunane, frivillig sektor, næringslivet og barn og unge sjølve ønsker vi å sette klare og ambisiøse mål på dette området. Vi vil invitere alle gode krefter til ein nasjonal dugnad for at fleire barn og unge blir inkluderte, uavhengig av bakgrunn og føresetningar.

Støtte til nykomne barn og unge

Nykomne elevar som både skal starte på skule i eit nytt land og lære seg norsk på kort tid, har ei særskild utfordring i skulen. Nokre må ta igjen tapt skulegang. Elevane kan òg ha andre typar utfordringar, som traume etter krig og tid på flukt.

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) har fått i oppdrag å gjennomføre eit djupstudium for å styrke kunnskapsgrunnlaget om opplæringstilbodet for nykomne elevar. Dei la fram delrapporten Norskinnlæring, faglig utvikling og nye venner – er det mulig på samme tid? i januar 2023. Sluttrapporten skal etter planen ligge føre i mai 2024.

Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) har ulike tiltak som skal gjere opplæringa betre for minoritetsspråklege elevar, inkludert nykomne elevar. Utdanningsdirektoratet har utvikla eit nytt digitalt kartleggingsverktøy i grunnleggande norsk for språklege minoritetar i skulen, og verktøyet blir vidareutvikla i 2024.

Russlands åtak på Ukraina våren 2022 har ført til at Noreg har motteke mange fordrivne. Tal frå Utlendingsdirektoratets nettside viser at per 5. september 2023 har om lag 57 700 ukrainarar søkt om asyl. Om lag 17 800 av dei er barn. Tilbakemeldingar frå kommunane tyder på at dei aller fleste barna i alderen 0–6 år frå Ukraina har fått tilbod om plass i barnehage, og at dei fleste også bruker tilbodet. Tilbakemeldingar tyder også på at nesten alle barn frå Ukraina i grunnskulealderen har eit skuletilbod som dei bruker. Dei største utfordringane til kommunane er tilgang på personell og personell med riktig kompetanse. I 2022 og i 2023 vart det sett i gang ei rekke nasjonale tiltak for å støtte barnehage- og skuleeigarar i arbeidet med å gi eit godt barnehage- og skuletilbod til nykomne barn og unge, mellom anna gjennom utvikling av pedagogiske ressursar for barnehage og læringsressursar på ukrainsk og russisk, digitale ressursar og kompetansetiltak. Sjå nærare omtale av konkrete tiltak under kap. 226.

Områdesatsingar i levekårsutsette område

Staten samarbeider med nokre kommunar om områdesatsingar i levekårsutsette område, og Kunnskapsdepartementet deltek i områdesatsinga i Groruddalen for 2017–26 og områdesatsinga i Oslo Sør for 2018–26. Det er årleg blitt løyvd midlar til programområdet Oppvekst og utdanning for å prøve ut ulike ordningar i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring som på sikt kan inngå i ordinær verksemd og medverke til å hindre fråfallet i vidaregåande opplæring. Sjå meir omtale av dette i Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

I samsvar med Hurdalsplattforma vil regjeringa forsterke og utvide områdesatsingane i dei store byane, dette som eit ledd i å utjamne skilnader i levekår, sikre sosial mobilitet og førebygge barnefattigdom. For 2024 foreslår departementet å vidareføre tilskot til auka bemanning i skular og auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område, jf. omtalen under kap. 226, post 21 og kap. 231, post 21.

Regjeringa la i august fram Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader. Meldinga tek for seg forslag frå NOU 2020: 16 Levekår i byer og har ei rekke tiltak med mål om utjamning av levekår.

Styrking av det tverrfaglege samarbeidet mellom offentlege tenester

Det er eit overordna samfunnsmål at utsette barn og unge får nødvendig hjelp og oppfølging uavhengig av kva teneste eller forvaltningsnivå som er ansvarleg for å følge opp. Regjeringa ønsker å styrke det universelle velferdstilbodet for barn og unge gjennom å prioritere velferdstenester som omfattar alle barn. Med verknad frå 1. august 2022 blei det innført ei rekke endringar i velferdstenestelovgivinga med mål om å styrke oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene. Mellom anna blei det innført ein rett til barnekoordinator på visse vilkår, jf. Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet.

Frå 2020 til 2023 har det vore gjennomført eit forsøk med programfinansiering i tolv kommunar. Formålet med programfinansieringa er å gi kommunane større fridom til å disponere midlane, slik at dei er betre tilpassa lokale behov, jf. omtalen under kap. 226, post 64. Aktuelle departement jobbar no saman om å vurdere mogleg programfinansiering av eksisterande tilskot til tiltak for utsette barn og unge og familiane deira, dette som ein del av arbeidet med tillitsreforma og eit styrkt heilskapleg og samordna tenestetilbod til barn og unge.

I Hurdalsplattforma står det at regjeringa vil styrke laget rundt eleven og den tidlege tverrfaglege innsatsen med mellom anna barne- og ungdomsfagleg kompetanse, miljøterapeutar og styrkt skulehelseteneste. Det er behov for meir kunnskap om desse yrkesgruppene og korleis dei arbeider i barnehagar og skular. Regjeringa vil vurdere tiltak for å styrke laget rundt barna og elevane. Det blei halde eit seminar med partane og sentrale organisasjonar våren 2023 for å få innspel til arbeidet. Sjå også omtale i del I, kap. 3 av oppmodingsvedtak nr. 472 (2022–2023). Sjå omtalen av styrkinga av helsestasjons- og skulehelsetenesta i Prop. 1 S (2023–2024) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Betre lovverk og eit kompetanseløft i spesialpedagogikk

Regjeringa vil styrke den tidlege innsatsen i barnehage og skule. Alle barn og elevar skal bli fanga opp og følgde opp så tidleg som mogleg, slik at ein unngår at utfordringane blir større utover i utdanningsløpet. I ny opplæringslov, Prop. 57 L (2022–2023), som vart behandla i Stortinget i juni, jf. Innst. 442 L (2022–2023), er det fleire endringar og presiseringar som vil styrke tilbodet til barn med behov for særskild tilrettelegging. Det er planlagt at ny opplæringslov skal tre i kraft frå august 2024.

Kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis er godt i gang og vil bli ei varig ordning frå 2025. Over 280 kommunar deltok i ordninga i 2022 og utviklar lokale kompetansetiltak i samarbeid med universitet og høgskular. Departementet foreslår å auke løyvinga med 10 mill. kroner i 2024. Vidareutdanningstilbodet i spesialpedagogikk for lærarar i skulen er òg styrkt med meir enn 500 tilbod i 2023.

Pilotprosjektet Inkluderende praksis viser at kommunane i prosjektet har positive erfaringar med å ha PP-tenesta tettare på barnehagane og skulane. Dei erfarer at behova til barna blir fanga opp og følgt opp raskare, og at saker i mange tilfelle kan løysast på eit lågare nivå enn tidlegare. Det er også i gang andre pilotar og forskingsoppdrag, og det er etablert eit forskingssenter for spesialpedagogisk forsking og inkludering (SpedAims), som skal bidra til å styrke kunnskapen på feltet, sjå omtale under programkategori 07.10, kap. 201, post 21. Omtale av Statped finst under kap. 230 Statleg spesialpedagogisk teneste.

Kompetansen til dei tilsette i grunnopplæringa

Behov for å rekruttere, utdanne og behalde fleire kvalifiserte lærarar i heile landet

Det viktigaste for at barn og unge skal lære, føle meistring og trivast, er at dei møter kvalifiserte lærarar som har tid til å sjå den einskilde eleven. Opplæringslova stiller krav til kompetansen hos lærarane, men det er framleis undervisningspersonale som ikkje oppfyller krav for tilsetjing, eller som ikkje oppfyller krava til fagleg fordjuping i undervisningsfaga sine. Det er i dag kvalitetsskilnader i tilbodet til barn og elevar og ulik tilgang på kvalifisert kompetanse i barnehage og skule. Dei statlege ordningane for etter- og vidareutdanning er ikkje føreseieleg nok, og satsinga er ikkje godt nok tilpassa lokale behov. Samanheng mellom satsingane på etter- og vidareutdanning bør bli betre, og det er eit potensial for å forenkle og brukarrette det samla tilbodet betre.

Skuleeigarar rapporterer planlagde årsverk for neste skuleår til Grunnskulens informasjonssystem (GSI). Det har vore ein auke i planlagde årsverk dei seinaste åra. Det har også vore ein auke i talet på undervisningspersonale som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing. Siste året var det likevel ein auke i prosentdelen tilsette som ikkje oppfyller kompetansekrava for tilsetjing. For 2022–23 rapporterte skuleeigarane at 2 500 årsverk i grunnskulen, om lag 4 pst., av den planlagde undervisninga, ville bli utførte av undervisningspersonale som ikkje oppfylte kompetansekrava for tilsetjing. Det er geografiske variasjonar i prosentdelen på undervisningspersonale som oppfyller kompetansekrava for tilsetjing.

Det er utfordringar med å rekruttere søkarar til lærarutdanningane. I år går opptakstala ned ved alle lærarutdanningane og dei fleste institusjonane. Nasjonalt er det i år gitt 18,2 pst. færre tilbod om studieplass i lærarutdanningane. Tilboda i dei femårige utdanningane går ned med 16,7 pst. Om ein samanliknar med tidlegare år, er det ein større del av søkarane i år som er kvalifiserte for opptak og har fått et tilbod enn tidlegare. Av alle tilboda til grunnskulelærarutdanninga for trinn 1–7 er 17 pst. menn i 2023, mot 19,3 pst. i 2022 og 20,3 pst. i 2021. Utan endringa i opptakskrav ville det vore endå færre kvalifiserte søkarar til lærarutdanningane.

Framskrivingar frå SSB tyder på at med nedgang i befolkningsvekst og fødselstal vil lærarar med lærarutdanning i aukande grad kunne erstatte lærarar utan lærarutdanning i åra som kjem. Dette gjeld for dei fleste typar lærarar, men det er usikkert korleis dette vil slå ut regionalt, og kva det betyr for lærarbehovet på ulike fag og trinn. Framskrivingane er baserte på høgare søkartal til lærarutdanningane enn dei faktiske i 2023, og søkinga må opp på tidlegare nivå for at framskrivingane skal slå til.

Mange lærarar opplever overgangen frå utdanninga til yrket som vanskeleg. Dei første åra som nytilsett lærar kan vere krevjande, men dei er på same tid viktige for å utvikle seg i lærarrolla. Det er derfor viktig med god rettleiing, både for å støtte den faglege utviklinga og for å hindre fråfall frå læraryrket. Det er framleis ei utfordring at mange nyutdanna nytilsette lærarar i grunnopplæringa ikkje får rettleiing.

Mangelen på samiskspråklege tilsette er den største utfordringa for å styrke og utvikle samisk språk og identitet i barnehage og skule, jf. Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv.

Tiltak for å rekruttere og utdanne fleire lærarar

Regjeringa vil møte lærarmangelen dei næraste åra med ei brei satsing på å rekruttere, utdanne og behalde fleire kvalifiserte lærarar. Departementet finansierer ulike tiltak med mellom anna følgande formål:

  • auke talet på søkarar til lærarutdanningane

  • oppnå større studentmangfald og mangfald blant lærarane i barnehagen og skulen

  • kvalifisere tilsette som ikkje har byrja på eller fullført lærarutdanninga

Regjeringa vil styrke det nasjonale rekrutteringsarbeidet. Departementet følger opp Stortingets vedtak om å lage ein strategi for å auke rekrutteringa av lærarar, og arbeidet skal sjåast i samanheng med eit nytt system for kompetanse- og karriereutvikling og profesjonsmeldinga (oppmodingsvedtak nr. 690 (2022–23)). Partane er involverte i utviklinga av strategien.

Sjå nærare omtale av tiltaka under kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Regjeringa vil følge opp meldinga om samisk språk, kultur og samfunnsliv, jf. omtalen under kap. 226 post 21, programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking, programkategori 07.80 Utdanningsstøtte, del III, kap. 10 Samisk og Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Tillitsreforma som regjeringa har sett i gang saman med partane i sektoren, inneber mellom anna å gi dei tilsette større innverknad på eige arbeid. God kompetanse i sektorane på alle nivå er eit viktig grunnlag for tillitsreforma, og regjeringa vil vidareutvikle dette arbeidet og sjå dette i samanheng.

Utvikle eit heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling for tilsette i barnehagen og i grunnopplæringa

Det er barnehage- og skuleeigaren som har ansvar både for å sørge for riktig og nødvendig kompetanse og for kompetanseutvikling. Staten støttar opp under dette ansvaret mellom anna gjennom ordningane for vidareutdanning, tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling og rettleiing av nyutdanna nytilsette. Gode ordningar for etter- og vidareutdanning skal bidra til betre kompetanse for dei som arbeider i barnehage og opplæring, noko som er viktig for å rekruttere og behalde kvalifiserte lærarar i barnehage og skule.

Utvalet for etter- og vidareutdanning vart oppnemnt hausten 2021 og fekk i mandat å vurdere og foreslå ulike modellar for etter- og vidareutdanning for alle tilsette i barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, kulturskule, opplæring særskilt organisert for vaksne, og fag- og yrkesopplæringa i både skule og bedrift. Utvalet har hausten 2022 levert NOU 2022: 13 Med videre betydning. Et helhetlig system for kompetanse- og karriereutvikling i barnehage og skole. Utvalet foreslår eit heilskapleg og varig system for kompetanse- og karriereutvikling for alle tilsette i barnehage og opplæring, med følgande hovudtiltak:

  • Rett til eit introduksjonsår for nyutdanna lærarar

  • Å innføre eit nasjonalt system for karrierevegar i barnehage og skule

  • At fleire skal få vidareutdanning med like vilkår for deltaking

  • Ei felles ordning for barnehage- og skuleutvikling (det er fire ulike ordningar i dag)

NOU-en har vore på høyring, og dei fleste er enten positive til forslaget om eit heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling eller støttar intensjonane i forslaget. Departementet arbeider vidare med å utvikle eit heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling for lærarar og andre tilsette i barnehage og grunnopplæring. Partane er involverte i arbeidet. Det er planen at det heilskaplege systemet for kompetanse- og karriereutvikling skal starte opp i 2025, med vidare planar for oppbygging. Målet er at alle barn og elevar skal få eit betre tilbod, slik at dei trivst, utviklar seg, opplever meistring og lærer.

Tiltak for å styrke lærarprofesjonen

Regjeringa innfører eit varig unntak frå kravet om fagleg fordjuping i undervisningsfag for lærarar som oppfylte krava for å bli tilsett som lærar før 1. januar 2014, eller som har allmennlærarutdanning. Dette ligg som ein del av ny opplæringslov. Utover det skal kompetansekrava for undervisning bli ståande. Unntaket frå kompetansekrava vil bidra til å behalde fleire lærarar med lang fartstid og erfaring i skulen. Det gir også større handlingsrom lokalt til å vurdere kva behov skulen har for kompetanseutvikling.

Regjeringa har sørgd for at fleire kan få vidareutdanning i praktiske og estetiske fag og spesialpedagogikk. Det vil imøtekome behovet for kompetanse i ulike fagområde, slik det går fram av kartlegginga til SSB om talet på studiepoeng lærarane har i undervisningsfaga sine. Departementet tek med kunnskap frå kartlegginga i det vidare arbeidet med eit nytt system for kompetanse- og karriereutvikling.

Tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling gir støtte til kollektiv kompetanseutvikling med utgangspunkt i lokale vurderingar av kompetansebehov i barnehagar og skular og gjennom partnarskap med universitet eller høgskule.

Regjeringa foreslår å styrke kompetanseløftet med 10 mill. kroner i 2024, slik at det samla blir løyvd 160 mill. kroner til ordninga i 2024.

Regjeringa har hatt ein prosess med dei mest sentrale partane for å vurdere om det er behov for å gjere endringar i regelverket rundt krava for å bli tilsett i lærarstilling i skulen. Departementet vil i løpet av hausten 2023 sende på høyring eit forslag til endring i krava som mellom anna gjer det tydeleg at lærarutdanningane skal vere inngangen for å bli tilsett i lærarstilling.

Tiltak for å gi betre støtte til kommunar med utfordringar

Oppfølgingsordninga er administrert av Utdanningsdirektoratet og er ei ordning som gir treårig støtte til kommunar som har svake resultat på sentrale område av opplæringa over tid, slik som læringsmiljø, nasjonale prøver og grunnskulepoeng. Eksterne rettleiarar og statsforvaltaren støttar kommunane i å analysere eigne data for å finne relevante tiltak. Arbeidsforskningsinstituttet AFI – OsloMet har fått i oppdrag å evaluere tilskotsordningane for lokal kompetanseutvikling for skule og yrkesfag, pluss oppfølgingsordninga. Evalueringsprosjektet starta hausten 2019 og går over seks år, til utgangen av 2025. Delrapport som spesielt omhandlar oppfølgingsordninga, kjem tidleg i 2024.

Tillitsreforma

Tillitsreforma er eit felles prosjekt for regjeringa, jf. omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet. Målet med reforma er å gi brukarar og innbyggarar betre velferd og betre tenester gjennom å la dei tilsette få større høve til å bruke profesjonen sin til å gjere oppgåvene. Reforma skal utviklast nedanfrå, og det einskilde departementet skal utvikle og setje i verk reforma i sine sektorar saman med partane, organisasjonane og leiinga i verksemdene. Tillitsreforma gjeld heile offentleg sektor, både staten og kommunesektoren, og i kunnskapssektoren gjeld reforma alle område frå barnehagar til høgare utdanning og forsking.

Dei fleste barnehage- og grunnopplæringstenestene blir ytte i kommunesektoren. Departementet arbeider i to spor med tillitsreforma. Hovuddelen av tillitsreforma skal skje lokalt og nedanfrå. I det lokale sporet blir god samhandling mellom barnehage- og skuleeigarar og dei einskilde barnehagane og skulane viktig. Forsøk, utviklingsprosjekt og pilotar er òg ein viktig del og har særleg merksemd i arbeidet.

Som ein del av tillitsreforma er det i 2023 løyvd 10 mill. kroner til lokale pilotar og prosjekt i barnehagar og skular. Løyvinga skal stimulere kommunane til å prøve ut meir tillitsbaserte arbeidsformer i barnehagar og skular, ved å gi dei tilsette høve til å utnytte kompetansen sin betre gjennom meir fagleg fridom og meir tid til barna og elevane.

Regjeringa har òg invitert kommunane til å søke om å vere forsøkskommune. Forsøkskommunar vil få høve til å teste ut nye måtar å løyse oppgåver på gjennom fritak frå regelverk. Kommunar kjenner best kva utfordringar dei står overfor, og kva som er eventuelle hindringar i lovverket for å løyse desse utfordringane. Kommunane kan søke om forsøk innanfor alle sektorar eller på tvers av sektorar.

I det statlege sporet vil reforma vere ein integrert del av innsatsen regjeringa gjer for barnehagar og grunnopplæringa i kommunesektoren. Nye statlege satsingar skal ha som eit utgangspunkt at dei som arbeider i direkte møte med barn og unge, skal ha metodeansvar og fagleg handlingsrom, og det lokale sjølvstyret til kommunale styresmakter skal styrkast.

Regjeringa har sett ned eit partssamansatt offentleg utval som mellom anna skal gå gjennom bruken av prøver, verktøy og datakjelder (kvalitetsutviklingsutvalet). Det arbeidet utvalet gjer, vil kunne bidra til meir lokal fagleg pedagogisk kvalitetsutvikling og redusere detaljstyring og krav til rapportering og dokumentasjon. Dei leverte den første delinnstillinga i januar 2023 og vil levere hovudinnstilling hausten 2023.

Ei vidaregåande opplæring som kvalifiserer til utdanning og arbeid

Fleire må fullføre vidaregåande opplæring

Regjeringa ønsker at alle skal fullføre vidaregåande opplæring og bli kvalifiserte til læreplass, arbeid og vidare utdanning. Når alle i eit ungdomskull skal gå gjennom vidaregåande opplæring, må også målet vere at opplæringa er tilrettelagd for alle.

Høg yrkesdeltaking er eit av fundamenta for det norske velferdssamfunnet. På sikt bidreg aldring av befolkninga til mangel på arbeidskraft. Utviklinga i demografien tilseier både ein auke i talet på eldre, mindre ungdomskull og ein reduksjon i talet på folk i arbeidsfør alder, jf. Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge. Denne utviklinga gjer at det blir endå viktigare å få fleire i arbeid og å utnytte kompetansen i samfunnet fullt ut.

Trenden er at sysselsetjinga for personar utan fullført vidaregåande opplæring går ned, og prosentdelen av desse som står utanfor arbeidslivet, går opp. Det å ikkje ha fullført vidaregåande opplæring blir ei kjelde til utanforskap og sosiale skilnader. Oslo Economics har berekna at utanforskap som følge av fråfall i vidaregåande opplæring kostar samfunnet 73 mrd. kroner kvart år, jf. Meld. St. 14 (2022–2023). Dette gjer at det blir endå viktigare å sikre at fleire unge fullfører vidaregåande opplæring, og at vaksne utan studie- eller yrkeskompetanse får tilgang til vidaregåande opplæring organisert for vaksne.

Tal frå SSB viser at 81 pst. av dei som starta opplæringa i 2016, hadde fullført og bestått i løpet av fem (studieførebuande utdanningsprogram) eller seks år (yrkesfaglege utdanningsprogram). Aldri tidlegare har ein så stor del fullført. Samtidig inneber det òg at mange tusen elevar ikkje fullfører vidaregåande opplæring kvart år.

Resultata frå grunnskulen er den faktoren som har størst innverknad på fullføringa av vidaregåande opplæring. Ein stor del av elevane med få grunnskulepoeng fullfører ikkje. Det tyder på at vidaregåande opplæring ikkje tar tilstrekkeleg omsyn til faglege manglar som elevar har med seg frå grunnskulen.

Figur 4.2 Fullføring i vidaregåande opplæring, år etter start. 2012-kullet

Figur 4.2 Fullføring i vidaregåande opplæring, år etter start. 2012-kullet

Kjelde: SSB

Om lag halvparten av dei som startar på vidaregåande opplæring, vel yrkesfag. Utfordringa er ikkje at det startar få på dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, men at for få av dei som startar, fullfører med fag- eller sveinebrev eller yrkeskompetanse. Berre om lag halvparten av dei som starta vg1 i et yrkesfagleg utdanningsprogram i 2016 hadde fullført med fag- eller sveinebrev eller yrkeskompetanse innan seks år. For mange av yrkesfagelevane får ikkje læreplass, og for mange fell ifrå. Det er færre som fullfører av dei som vel yrkesfag, enn av dei som vel studieførebuande på vidaregåande. Ei forklaring på at delen som fullfører er mykje høgare i studieførebuande enn i yrkesfaglege utdanningsprogram, er at det er fleire elevar med høg poengsum frå grunnskulen som begynner på studieførebuande, enn som begynner på yrkesfag. Regjeringa vil at fleire skal stå heile løpet ut i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma.

Vidaregåande opplæring er i for liten grad tilpassa den mangfaldige elevgruppa. Elevar med behov for særskild tilrettelegging får lite råd og bistand ved overgangen frå grunnskulen til vidaregåande opplæring, og opplæringsløpa i vidaregåande opplæring er ikkje godt nok tilpassa mangfaldet. Det same gjeld ved overgangen frå vidaregåande opplæring til vidare utdanning eller arbeid. Prosentdelen av innvandrarane som fullfører vidaregåande opplæring (65 pst. for 2016-kullet) har auka i dei siste åra, men er framleis lågare enn for norskfødde med innvandrarforeldre og andre.

Fleire vaksne treng vidaregåande opplæring for å bli kvalifiserte til arbeidslivet

Kompetanse er avgjerande for å få fleire vaksne inn i arbeid og for å gi dei ein betre posisjon i arbeidslivet. Vaksne som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, står oftare utanfor arbeidslivet enn andre. Vaksne har ofte jobb- og familieforpliktingar som gjer det vanskeleg å ta utdanning på heiltid og/eller på dagtid. Innhaldet og organiseringa av opplæringa for vaksne må derfor vere tilpassa livssituasjonen til vaksne. I tillegg manglar ein del av dei vaksne språklege føresetnader for å gjennomføre opplæringa.

Elevar blir ikkje godt nok førebudde på vidare utdanning

Elevane som går ut av dei studieførebuande utdanningsprogramma, er ikkje godt nok førebudde på studiar i høgare utdanning. Det er ein klar samanheng mellom karakterar i vidaregåande opplæring, kor godt førebudde elevane kjenner seg, og fullføring i høgare utdanning. Det er for lite rom for fordjuping i dei studieførebuande utdanningsprogramma og for lite fridom for elevane til å velje etter interesse.

Fagopplæringa er ikkje godt nok tilpassa behova i arbeidslivet

Behovet for fagutdanna er stort, og framskrivingar frå SSB viser at Noreg vil mangle om lag 90 000 fagarbeidarar innan 2035. Fag- og yrkesopplæringa skal medverke til å dekke behovet for faglært arbeidskraft, både med nok fagarbeidarar og med arbeidarar med rett kompetanse.

Det er fylkeskommunane som har ansvaret for å dimensjonere det vidaregåande opplæringstilbodet. Det er fleire omsyn som må takast i dimensjoneringa, inkludert kompetansebehov i samfunnet. 2022 var eit rekordår for formidling av søkarar til læreplass. Meir enn åtte av ti søkarar fekk læreplass, og det blei inngått om lag 24 100 lærekontraktar. Likevel er det mellom 6 000 og 7 000 søkarar som ikkje får læreplass kvart år. Det er ei utfordring at tilgangen på læreplassar er avhengig av konjunkturutviklinga i økonomien og svingingane i etterspurnaden etter arbeidskraft i den einskilde bransjen. Ikkje alle fagbrev er verdsette i arbeidslivet. I fleire bransjar gir ikkje fagbrev nødvendigvis eit fortrinn framfor ufaglærte eller personar som har annan type utdanning. Det er fleire faktorar som påverkar sjansane til å bli vald til ein læreplass. Dei som har gode karakterar og lågt fråvær, har lettare for å få læreplass enn dei som ikkje har dette. Mangelfullt samarbeid mellom aktørar som fylkeskommune, skule og opplæringskontor kan òg vere eit hinder for å få læreplass.

Behov for betre tilrettelegging for elevar med nedsett funksjonsevne

Elevar med nedsett funksjonsevne i vidaregåande opplæring er ei samansett gruppe og kan ha mange ulike utfordringar. Regjeringa vil lage ein strategi for at elevar med nedsett funksjonsevne skal få eit betre og meir likeverdig tilbod i vidaregåande opplæring.

Tiltak for at fleire skal fullføre vidaregåande opplæring og bli kvalifisert for læreplass, arbeid og vidare utdanning

Regjeringa prioriterer tiltak for å auke fullføringa i vidaregåande opplæring og kvalifisere fleire for læreplass, arbeid og vidare utdanning i statsbudsjettet for 2024. Vidaregåande opplæring blir i hovudsak finansiert av dei frie inntektene til fylkeskommunane gjennom rammetilskot frå staten og skatteinntekter. Regjeringa forventar at den samla innsatsen frå staten og fylkeskommunane skal gi auka fullføring i vidaregåande opplæring.

Stortinget har vedteke ei ny opplæringslov i juni 2023. Lova vil etter planen ta til å gjelde frå hausten 2024 og inneber fleire store endringar i retten til vidaregåande opplæring. Blant dei viktigaste endringane er ein utvida rett til vidaregåande opplæring fram til ein har fullført og bestått med studie- eller yrkeskompetanse, og ein rett til yrkesfagleg rekvalifisering for dei som allereie har fullført med studie- eller yrkeskompetanse, men har behov for rekvalifisere seg med eit fagbrev. Endringane vil gi fleire betre høve til å kvalifisere seg for vidare utdanning og arbeid. I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa å vidareføre det øyremerkte tilskotet under kap. 225, post 69 som legg til rette for å finansiere den utvida retten til vidaregåande opplæring og å kompensere fylkeskommunane for retten til yrkesfagleg rekvalifisering over rammetilskotet.

Ei rekke lovendringar i ny opplæringslov som skal bidra til at fleire fullfører vidaregåande opplæring, blir finansiert over rammetilskotet til fylkeskommunane med heilårseffekt i forslaget til 2024-budsjett. Det omfattar mellom anna ei utviding av den øvre aldersgrensa for målgruppa til oppfølgingstenesta frå 21 til 25 år og ei plikt til ein trygg og god overgang frå grunnskulen til vidaregåande opplæring. Sjå òg omtalen av tiltak retta mot yrkesfaga og opplæringa for vaksne under.

Regjeringa foreslår å auke bortebuarstipendet for elevar i vidaregåande opplæring for å bidra til at geografi og privatøkonomi ikkje skal vere eit hinder for at unge får den opplæringa dei ønsker seg. Regjeringa foreslår òg å auke utstyrsstipendet for å betre samsvaret mellom stipendet og utgiftene den einskilde har til nødvendig utstyr i opplæringa. Sjå omtalen av desse tiltaka i programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Tiltak for å forbetre og vidareutvikle eksamen og vurdering i grunnopplæringa

Elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring skal ikkje berre fullføre, men også bli kvalifiserte til læreplass, arbeid og vidare utdanning. Arbeidslivet får informasjon om kvalifikasjonane til elevar og lærlingar gjennom karakterar, eksamen og vitnemål. Fagfornyinga har ført til behov for å utvikle eksamens- og vurderingsfeltet. Den digitale utviklinga gir moglegheiter for vidareutvikling av dette feltet, men digitale løysingar, hjelpemiddel og utvikling av KI-verktøy som ChatGPT gir også utfordringar. Eksamensgjennomføringa våren 2023 viste uønskte sårbarheiter. I tillegg bruker Utdanningsdirektoratet inntil vidare ressursar på å gjennomføre nokre eksamenar i den gamle løysinga fordi det nye gjennomføringssystemet ikkje støttar dagens ordning med todelt eksamen.

Departementet foreslår derfor å styrke arbeidet med eksamen og vurdering med 15 mill. kroner. Midlane skal både gå til å trygge eksamensgjennomføring og til vidareutvikling av eksamens- og vurderingsfeltet etter fagfornyinga.

Eit funksjonelt eksamenssystem er avhengig av at lærarar melder seg til å vere sensorar, sidan dette er ei lønt ekstraoppgåve. Over tid har det utvikla seg ein skilnad mellom honorara for lokalt gitte og sentralt gitte sensoroppdrag. For å motverke dette foreslår departementet å auke løyvinga til sensur av sentralt gitt eksamen over kap. 225, post 21, slik at timesatsen kan aukast.

Eit løft for fag- og yrkesopplæringa

Regjeringa har sett i gang ei satsing for å få fleire ut i lære i eit trygt og godt arbeidsliv. I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa å vidareføre tilskotet for at fleire skal få læreplass, gjennom betre kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa. Målgruppa er både elevar som allereie frå vg1 har ein risiko for ikkje å få læreplass, og elevar som er i vg3 i skule, og som treng læreplass. Satsinga følger opp Samfunnskontrakten for fleire læreplassar (2022–2026) som har som mål at alle elevar som er formelt kvalifiserte, skal få læreplass. I kommuneproposisjonen for 2024 har regjeringa varsla at tilskotet skal vidareførast ut perioden til samfunnskontrakten på om lag dagens nivå.

For å få endå fleire læreplassar i privat sektor har departementet lagt fram forslag til endringar i forskrift om plikt til å stille krav om bruk av lærlingar i offentlege kontraktar (lærlingklausulen). Forslaget er sendt på høyring hausten 2023.

Regjeringa har sett ned ei arbeidsgruppe som skal greie ut korleis ein kan realisere eit nasjonalt senter for yrkesfag. Arbeidsgruppa skal levere utgreiinga si hausten 2023.

Regjeringa vil at dimensjoneringa av fag- og yrkesopplæringa skal vere i tråd med behova til samfunnet og arbeidslivet. Ny opplæringslov som er vedteken av Stortinget, slår fast at fylkeskommunane skal legge stor vekt på kompetansebehov i samfunnet i dimensjoneringa av fag- og yrkesopplæringa. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) utviklar tenesta dimensjonering.no, som gir fylkeskommunane høve til å sjå yrkesfagtilbodet i samanheng med utviklinga av arbeidsmarknaden regionalt og lokalt. HK-dir har saman med Utdanningsdirektoratet utvikla tenesta finnlærebedrift.no, som gir oversikt over godkjende lærebedrifter og ledige læreplassar.

Fag- og yrkesopplæringa stiller høge krav til at utstyret i opplæringa er oppdatert og kvalitetssikra. Ulike modellar har blitt forsøkte for å stimulere skulane til å finansiere det utstyret dei har ansvar for i fag- og yrkesopplæringa. Forsøket er gjennomført i 2022 og 2023. Målet var å finne ut kva for modellar som er berekraftige, og som kan gi den beste utstyrssituasjonen over tid. Oslo Economics og Samfunns- og næringslivsforskning AS har forska på forsøket, og ein rapport blei publisert i august. Rapporten peikar mellom anna på at det er usikkert kva for langsiktig effekt tilskotet som blei gitt i samband med forsøket, vil ha. Regjeringa vil vurdere kva som bør gjerast vidare på dette området.

I ny opplæringslov som er vedteken av Stortinget i juni 2023, er det ei ny plikt for fylkeskommunen til å sørge for at dei som har læretid i bedrift, har tilgang til rådgiving om utdannings- og yrkesval og rådgiving om sosiale og personlege forhold. Plikta blir finansiert med heilårseffekt over rammetilskotet til fylkeskommunane i forslaget til 2024-budsjett.

Betre tilrettelagd opplæring for vaksne

Ved behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden slutta Stortinget seg til at modulstrukturert opplæring skal bli hovudmodell for all opplæring for vaksne. Det er viktig at utdanningssystemet er fleksibelt og kan nyttast av vaksne med ulike behov. Ei modulisert organisering inneber at opplæringa kan gjennomførast på ulike arenaer, som i introduksjonsprogrammet, i arbeidsmarknadstiltak, i bedrifter og på skulen. Det blir òg enklare å gjennomføre opplæring for dei som arbeider på deltid eller heiltid, men som ønsker å betre posisjonen sin på arbeidsmarknaden eller skaffe seg ny eller oppdatert kompetanse for å oppfylle krav til omstilling.

Den nye opplæringslova gir fleire vaksne rett til vidaregåande opplæring som følge av retten til opplæring til ein har fullført vidaregåande opplæring, og retten til yrkesfagleg rekvalifisering. Modulisert opplæring gjer det enklare å tilpasse opplæringa til behovet den einskilde har for å oppnå sluttkompetanse. Dei som tidlegare har gjennomført delar av vidaregåande, kan på ein enklare måte få tilpassa opplæringa og berre gjennomføre opplæringa som manglar for å kunne fullføre vidaregåande opplæring i dei einskilde faga. Det blir gjort eit forsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne som blir finansiert over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring, kap. 258, post 21. Nye modulstrukturerte læreplanar skal takast i bruk frå skuleåret 2024–25 i dei 13 lærefaga som har vore ein del av forsøket.

Ordninga Fagbrev på jobb er utvikla i tråd med behova vaksne har for tilpassa opplæring. Vaksne får gjennom ordninga sjansen til å ta fag- eller sveinebrev i kombinasjon med arbeid. Regjeringa vil gi fleire vaksne som manglar formell kompetanse, høve til å ta eit fagbrev medan dei er i arbeid. Derfor foreslår regjeringa å auke tilskotet til Fagbrev på jobb i statsbudsjettet for 2024, jf. kap. 225, post 69.

Den nye opplæringslova gir kommunane og fylkeskommunane ei plikt til å sørge for rådgiving for vaksne i grunnopplæringa. Betre rådgiving om utdannings- og yrkesval vil bidra til at fleire vaksne fullfører opplæring med ein sluttkompetanse som er nyttig for den einskilde og for samfunnet. Opplæringslova inneheld òg ein rett til særskild norskopplæring for vaksne i vidaregåande opplæring dersom dei ikkje kan følge opplæringa på norsk. Tilstrekkelege norskkunnskapar er ein føresetnad for å kunne følge opplæringa. Lovendringane blir finansierte med heilårseffekt over rammetilskotet til fylkeskommunane i forslaget til 2024-budsjett.

Kap. 220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

359 223

386 324

408 732

21

Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

196 212

206 103

217 438

70

Tilskot til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

75 659

76 819

86 731

Sum kap. 220

631 094

669 246

712 901

Utdanningsdirektoratet har oppgåver innanfor myndigheitsutøving, vurdering, analyse, utvikling, støtte og rettleiing i barnehagesektoren og grunnopplæringssektoren. Arbeidet med digitalisering og bruk av IKT i det pedagogiske arbeidet skal vere integrert i arbeidet direktoratet gjer, og i dei statlege tiltaka som blir gjennomførte på utdanningsområdet.

Løyvingane under kap. 220 finansierer ordinære driftsoppgåver i direktoratet. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvaret for, men som blir finansierte over andre kapittel. Det er til dømes mellombelse oppgåver som gjeld kvalitetsutvikling og -vurdering i grunnopplæringa og i barnehagen, jf. kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa og kap. 231 Barnehagar. Omtale av verksemda til direktoratet er derfor dels plassert under andre budsjettkapittel. Direktoratet er delegert myndigheit i forvaltningssaker som gjeld

  • etatsstyring av statlege skular som gir grunnopplæring, jf. kap. 222

  • etatsstyring av statsforvaltaren på barnehageområdet og grunnopplæringsområdet

  • tilsynsarbeid som følger av barnehagelova, opplæringslova, privatskulelova og folkehøgskulelova

  • tolking av og rettleiing om barnehagelova, opplæringslova, privatskulelova og folkehøgskulelova med forskrifter på nasjonalt nivå

  • tilskot til styrking av den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage, eksamensavvikling, private skular, folkehøgskular, freds- og menneskerettssenter og andre formål, jf. kap. 224, 225, 226, 227, 228, 231 og 253

Post 01 Driftsutgifter

Mål for 2024

Dei overordna sektormåla som er omtala i innleiinga til programkategoriane 07.20 Grunnopplæringa og 07.30 Barnehagar, er førande for arbeidet til direktoratet.

Måla for verksemda til direktoratet i 2024 er:

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter varetek utvikling, læring og trivsel hos barn og unge i barnehagar, skular og lærebedrifter

  • Barnehageeigarar og skuleeigarar har tilsette med kompetanse som fremjar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter forstår, formidlar og etterlever regelverket

  • Barnehageeigarar og skuleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av eigne barnehagar og skular og overfor lærebedrifter

  • Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir i læringsarbeid og administrative prosessar

Resultat i 2022

Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter varetek utvikling, læring og trivsel hos barn og unge i barnehagar, skular og lærebedrifter

Ifølge rammeplanen skal barnehagen, i samarbeid og forståing med heimen, vareta barnas behov for omsorg og leik og fremje læring og danning. Direktoratet har i oppgåve å forvalte rammeplanen og støtte opp om forståinga og bruken av rammeplanen i barnehagane. I 2022 har direktoratet halde fram med å utvikle støttemateriell og kompetansepakkar som ligg tilgjengelege i rammeplanvisninga på udir.no. Sluttrapporten frå evalueringa av implementering av rammeplanen kjem i desember 2023.

Den nasjonale rammeplanen for skulefritidsordninga (SFO) tok til å gjelde 1. august 2021. Målet er å oppnå eit meir likeverdig SFO-tilbod i heile landet samstundes som det skal vere rom for lokale prioriteringar og lokal variasjon. I 2022 heldt direktoratet fram med å utvikle støtteressursar for kvalitetsutvikling og innføring av rammeplanen. Direktoratet hadde òg i oppdrag å setje i gang eit kompetansetilbod for leiarar i SFO og vurdere kva kompetansebehov tilsette i SFO har på lengre sikt.

Det nye læreplanverket LK20 og LK20S har vore innført gradvis sidan 2020, og innføringa er framleis i ein tidleg fase. Direktoratet skal gi støtte til skuleeigarar, skular og lærebedrifter til ei kunnskapsbasert og aktiv læreplanforvaltning. Arbeidet krev eit nært samarbeid med partane i sektoren og med arbeidslivet. Direktoratet erfarer at støtte- og rettleiingsressursar som er laga, er nyttige for og blir brukte av mange i sektoren. I 2022 publiserte direktoratet to nye kompetansepakkar som skal gi støtte i innføringa av nytt planverk i opplæring i bedrift.

Direktoratet har i 2022 hatt mange aktivitetar med å utvikle eksamen i samsvar med nytt læreplanverk og i eit nytt heildigitalt system. Våren 2022 blei det gjennomført sentralt gitte eksamenar etter LK20/LK20S for alle fellesfag for vg1 og vg2 og for programfag for studieførebuande vg1 og vg2. Sidan sentralt gitte eleveksamenar blei avlyste våren 2022, gjaldt dette i all hovudsak privatisteksamenar.

Direktoratet har ei rekke oppdrag med utspring i Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden, som gjeld heile verksemda på mange ulike område. I 2022 har direktoratet starta oppfølging av oppdrag om evaluering av utvida rett til vidaregåande opplæring og modulstrukturert opplæring for vaksne, og det har starta utgreiingar på vurderingsområdet.

Eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø er ein føresetnad for trivsel, læring og utvikling. Utvikling av ulike kompetansetiltak er sentralt i direktoratets arbeid for eit godt barnehage- og skulemiljø, og digitale kompetansepakkar er eit av verkemidla. I 2022 blei ein heilskapleg kompetansepakke om trygt og godt barnehagemiljø publisert. Læringsmiljøprosjektet er eit tilbod til barnehagar, skular og kommunar som ønsker rettleiing i arbeidet. I 2022 har det vore auka merksemd på at rettleiinga skal bygge på lokale behov og styrke tiltaka i det lokale arbeidet.

Direktoratet skal saman med dei andre direktorata på oppvekstfeltet samarbeide for å sikre betre samordning av tenester til barn og unge. Direktoratet har i 2022 saman med 12 andre direktorat starta utviklinga av nye arbeidsformer for å løyse utfordringar i arbeidet på tvers av sektorar og arbeide meir systematisk med utvikling og innovasjon i forvaltninga. Sjå meir omtale under kap. 226, post 64.

Barnehageeigarar og skuleeigarar har tilsette med kompetanse som fremjar utvikling, læring og trivsel tilpassa behova til barn og unge

For å sikre eit godt barnehagetilbod og god opplæring er kompetansen til dei tilsette heilt avgjerande. Parallelt med satsinga på vidareutdanning har direktoratet vidareutvikla dei kollektive barnehage- og skulebaserte kompetanseutviklingstiltaka. Tilskot for lokal kompetanseutvikling omfattar regional ordning for kompetanseutvikling i barnehage, desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skule, kompetanseløftet i spesialpedagogikk og tilskot for lokal kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa. Ordningane skal bidra til styrkt kollektiv kompetanse ut frå lokale behov og gjennom partnarskap med universitet eller høgskule. Evalueringar viser at ordningane framleis er i startfasen, men at ein har eit godt utgangspunkt for vidare utvikling. Direktoratet jobbar tett med andre relevante aktørar om å få ordningane til å verke best mogleg.

Direktoratet har i 2022 gjennomført søknadsbehandling til vidareutdanning, og totalt har 1 565 tilsette frå barnehagesektoren og 6 886 frå skulesektoren fått tilbod om vidareutdanning. Deltakarundersøkingar har i fleire år vist at deltakarane stort sett er godt nøgde med innhaldet i vidareutdanningstilboda og opplever eit godt læringsutbyte.

For å halde oppe god kvalitet i vidareutdanningstilbod for lærarar og leiarar i barnehage og skule er direktoratet avhengig av å ha eit oppdatert og fornya kunnskapsgrunnlag og vere tett på ny forsking på feltet. Direktoratet gjennomfører mellom anna deltakarundersøkingar og evalueringar, noko som også er gjort i 2022.

Direktoratet har òg utarbeidd mykje støttemateriell til arbeidet med kompetanseutvikling i barnehage, SFO og skule. Kompetansepakkar blir utvikla i samarbeid med ulike universitet og høgskular til fleksibel bruk ved kompetanseutvikling i barnehage, SFO og skular. Pakkane har eiga leiarstøtte for gjennomføring og kan nyttast i samband med ordningar for lokal kompetanseutvikling.

Direktoratet har eit kontinuerleg og omfattande samarbeid med universitet og høgskular. Samarbeidet er viktig for å gi tilsette i barnehage og skule gode kompetanseutviklingstilbod. Direktoratet deltek i ulike referansegrupper, har observatørrolle i ulike fora og har sekretariatsansvar for Fagleg råd for lærarutdanning 2025. Direktoratet er dessutan oppdragsgivar for ulike studietilbod og forskings- og evalueringstiltak, noko som også krev god dialog med universitet og høgskular.

Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter forstår, formidlar og etterlever regelverket

Erfaringar frå mellom anna tilsyn, klagesaksbehandling og rettleiingsoppgåvene til direktoratet og statsforvaltaren viser at det framleis er ein veg å gå for å nå dette målet. Manglande regelverksetterleving fører til at mange elevar ikkje har godt nok utbyte av opplæringa, og at dei ikkje opplever at skulemiljøet er tilstrekkeleg trygt og godt.

Direktoratet skal jobbe kunnskapsbasert ved å identifisere kva som fremjar og hemmar regeletterlevinga på barnehage- og opplæringsområdet, for på den måten å kunne målrette innsatsen til direktoratet. Det er behov for ein større heilskap og samanheng i korleis dei statlege verkemidla bidreg til å støtte opp under målet om regeletterleving. I 2022 har direktoratet derfor jobba med at regelverket blir synleg som grunnføresetnad i arbeidet ut mot skule- og barnehageområdet. Dette er eit langsiktig og kontinuerleg arbeid som vil halde fram.

Tilsyn, klagebehandling og rettleiing viser mange brot på krava til internkontroll, til dømes krava i kommunelova § 25-1. Manglande internkontroll fører til at barnehage- og skuleeigarane ikkje er i stand til å avdekke brot, og at desse ikkje blir avdekte før statlege myndigheiter gjennomfører tilsyn i form av stikkprøvekontrollar. I tillegg til at internkontroll er tema for felles nasjonalt tilsyn, har direktoratet derfor i 2022 starta arbeidet med ny rettleiar for internkontroll for barnehage- og skuleeigar og barnehagemyndigheit.

Personvernet til barn og unge er stadig oftare på dagsordenen i samfunnet. Direktoratet har derfor teke ei større rolle når det gjeld generell rettleiing om personvern, for å bidra til å sikre betre regeletterleving på dette området.

Direktoratet jobbar saman med og gjennom statsforvaltarane for å oppnå betre forståing av regelverket og regeletterleving i sektoren.

Statsforvaltarane gjennomfører få tilsyn med fylkeskommunane. Embeta mottek også få klager og førespurnader i skulemiljøsaker og spesialundervisningssaker frå elevar i vidaregåande opplæring. I 2022 har direktoratet derfor retta særskilt søkelys mot det arbeidet statsforvaltaren gjer overfor fylkeskommunane.

I 2022 vart det meldt 1740 skulemiljøsaker til statsforvaltarane. Det er 408 fleire enn året før, og talet på klager til direktoratet i 2022 har også meir enn dobla seg frå året før. Talet på saker til statsforvaltarane påverkar kor effektiv handhevingsordninga er. I 2022 har direktoratet jobba med fleire tiltak for å auke effektiviteten i saksbehandlinga. Det er tilført ytterlegare ressursar til saksbehandlinga, og saksbehandlingsrettleiaren til statsforvaltarane er oppdatert. Direktoratet har òg identifisert nokre område i regelverket der endringar kan forenkle behandlinga.

2022 har vore første år for økonomisk tilsyn med private barnehagar, og direktoratet sende førebels tilsynsrapport i 126 tilsyn. Samla er det så langt om lag 22 mill. kroner i tilbakebetalingskrav eller varsla tilbakebetalingskrav.

Direktoratet har også gjennomført eit omfattande rettleiingsarbeid overfor kommunar og private barnehagar. I 2022 har direktoratet brukt om lag 30 pst. av ressursane i tilsynet på rettleiing.

Barnehageeigarar og skuleeigarar arbeider kunnskapsbasert i utviklinga av eigne barnehagar og skular og overfor lærebedrifter

Utdanningsdirektoratet støttar opp om kvalitetsutvikling i barnehagar, skular og lærebedrifter. Dette gjer direktoratet gjennom å vidareutvikle og formidle kunnskap i form av forsking, statistikk og analysar og ved å tilby støtte, opplæring og rettleiing. Direktoratet har arbeidd med å gjere kunnskapsgrunnlaget endå meir tilgjengeleg gjennom verktøyet analysebrett, som viser tal og statistikk på ein meir brukarvennleg måte gjennom ei eiga samanstilling av statistikk, og gjennom statistikkbanken. Direktoratet har hatt ein auke i talet på besøkande på statistikksidene. Av analysebretta er analysebrettet for grunnskule særleg mykje besøkt. Det er skuleeigarar og skuleleiarar som bruker statistikken mest, men også departement, forskarar, journalistar, foreldre og politikarar er brukarar.

I 2022 har påverknaden av pandemien vore mindre enn i dei to tidlegare åra, men situasjonen har likevel vore prega av behov for å innhente og formidle kunnskap raskt.

Direktoratet har òg sett i gang oppdrag i samband med at ny opplæringslov tek til å gjelde frå skuleåret 2024–25, og ei følgeevaluering av utvida rett til vidaregåande opplæring. I den komande tida vil direktoratet rette merksemda mot kunnskap om dei yngste barna, og det er i 2022 starta eit forskingsprosjekt om organisering av kvardagen i barnehagen.

Elevundersøkinga, lærlingundersøkinga og foreldreundersøkinga i barnehagen er verktøy som gir eit godt grunnlag for barnehage- og skuleeigarar til å utvikle barnehagane og grunnopplæringa. Over 450 000 elevar gjennomfører kvart år Elevundersøkinga. Undersøkinga er viktig for at elevane skal få seie si meining om til dømes trivsel, skulemiljø og elevmedverknad. Resultata frå Elevundersøkinga blei publiserte i Utdanningsdirektoratets statistikkbank. Mange av resultata frå Elevundersøkinga blei skjerma av personvernårsaker, og direktoratet jobbar vidare med å forbetre visningane og samstundes sikre personvernet.

Gjennom 0–24-samarbeidet blei det avdekt at mange kommunar sakna ei felles ressursside for statistikk på oppvekstfeltet. Saman med Folkehelseinstituttet publiserte direktorata som var med i 0–24-samarbeidet, Oppvekstprofilane i mars 2022. Hovudtemaet i 2022 var kva sosial ulikskap har å seie for barns helse og oppvekst. Utdanningsdirektoratet har hatt eit særskilt ansvar for å levere indikatorar som gjeld barnehage og skule.

Barnehageeigarar, skuleeigarar og barnehagemyndigheiter utnyttar dei moglegheitene digitaliseringa gir i læringsarbeid og administrative prosessar

Utdanningsdirektoratet arbeider kontinuerleg for å auke den digitale kompetansen hos tilsette i barnehagen og grunnopplæringa, slik at dei kan utnytte dei moglegheitene digitaliseringa gir i læringsarbeid og administrative prosessar. Innsatsen gjeld mellom anna å stimulere til betre bruk av digitale læremiddel, til å utvikle dei digitale fellesløysingane i sektoren, til arbeidet med å standardisere digital læringsteknologi, til kompetansepakkar for bruk av digitale løysingar og til styrkt informasjon om personvern i sektoren. Arbeidet har vore forankra i digitaliseringsstrategien for grunnopplæringa.

I 2022 har direktoratet utarbeidd og levert innspel til Kunnskapsdepartementet om strategi for digital kompetanse og infrastruktur. Innspelet er basert på eit breitt kunnskapsgrunnlag som også omfattar kartlegging av brukarbehov, og direktoratet har sett på verkemidla samla i dei vurderingane som er gjorde.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 408,7 mill. kroner på posten. Løyvinga er auka med 1 mill. kroner i samband med oppfølginga av strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule, sjå nærare omtale av strategien i innleiinga til programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Løyvinga er auka med 1 mill. kroner, slik at direktoratet kan inngå som ressurs i det tverrfaglege nasjonale kompetanseteamet mot negativ sosial kontroll og æresrelatert vald. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,7 mill. kroner som oppfølging av regjeringa sitt arbeid med meir effektive kontorleigeavtalar for statlege verksemder.

Departementet foreslår at løyvinga på posten kan overskridast med tilsvarande meirinntekter under kap. 3220, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Løyvinga går til kostnader direktoratet har til utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd. Forvaltning av IKT-verktøy retta mot sektorane er finansiert over denne posten. Løyvinga finansierer også utarbeiding av eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.

Mål for 2024

Målet med løyvinga er å gi rom for utviklingsprosjekt og oppdragsverksemd innanfor ansvarsområdet til Utdanningsdirektoratet.

Resultat i 2022

Arbeidet med å utarbeide eksamensoppgåvene og materiell for rettleiing til sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring blei gjennomført som planlagt. Det same gjeld arbeidet med å utarbeide og gjennomføre nasjonale prøver og kartleggingsprøver. Våren 2022 gjennomførte direktoratet frivillige kartleggingsprøver i lesing og rekning på 1. trinn i veke 11–18. Dette var første gongen den nye, digitale prøva i rekning blei gjennomført. Hausten 2022 gjennomførte direktoratet obligatoriske kartleggingsprøver i lesing og rekning for 3. trinn i veke 40–43. Begge prøvene var nye, digitale prøver.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 217,4 mill. kroner på posten.

Post 70 Tilskot til læremiddel o.a., kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga på post 70 gjeld utvikling av læremiddel.

Mål for 2024

Løyvinga på post 70 skal medverke til at det blir utvikla og produsert læremiddel der det ikkje er grunnlag for kommersiell produksjon, slik at elevane har tilgang på dei læremidla dei treng. Dette gjeld læremiddel for smale fagområde, parallellutgåver på nynorsk, særskilt tilrettelagde læremiddel, universelt utforma læremiddel og læremiddel for språklege minoritetar.

Resultat i 2022

Det blei i 2022 gitt midlar til totalt 40 nye prosjekt. Sjå fordelinga for 2022 i tabellen nedanfor, saman med fordelinga frå 2021:

Tabell 4.3 Tilskot til læremiddel over kap. 220, post 70 i 2021 og 2022

Tilskot til læremiddel

2021

2022

Smale fagområde

21

11

Særskilt tilrettelagde læremiddel / pedagogisk barnehagemateriell

9

5

Parallelle utgåver

10

18

Læremiddel / pedagogisk barnehagemateriell for språklege minoritetar

5

6

Samla

45

40

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 86,7 mill. kroner på posten. Posten er styrkt med 5 mill. kroner i samband med oppfølginga av strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule. Sjå også omtale av andre tiltak i strategien i kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, post 21.

Det blir foreslått ei tilsegnsfullmakt knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 3220 Utdanningsdirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Inntekter frå oppdrag

842

2 478

2 587

Sum kap. 3220

842

2 478

2 587

Inntektene gjeld oppdragsverksemd.

Kap. 221 Foreldreutvala for grunnopplæringa og barnehagane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

14 779

16 141

17 012

Sum kap. 221

14 779

16 141

17 012
Post 01 Driftsutgifter

Foreldreutvalet for barnehagar (FUB) og Foreldreutvalet for grunnopplæringa (FUG) er sjølvstendige rådgivande organ for Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet. Løyvinga gjeld drift av utvala og det felles sekretariatet deira. Dagens utval er i sitt siste verkeår, og nye utval vil bli utnemnde hausten 2023 for fireårsperioden 2024–27.

Mål for 2024

FUB og FUG skal fremje eit godt samarbeid mellom barnehage/skule og heim og vareta interessene til foreldra i barnehage- og skulesamanheng.

Mål for verksemda til foreldreutvala i 2024 er:

  • Foreldreutvala og sekretariatet gir råd og innspel til Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skule og heim

  • Foreldreutvala og sekretariatet gir informasjon og rettleiing om samarbeid mellom barnehage/skule og heim

  • Foreldreutvala og sekretariatet samarbeider med relevante aktørar i saker som gjeld samarbeid mellom barnehage/skule og heim

Resultat i 2022

Utvala har hatt stor aktivitet i 2022 og jobba strategisk overfor samarbeidsaktørar og media med å legge fram sine synspunkt på ulike saker. FUB har hatt særleg merksemd på bemanninga i barnehagane og tiltak for eit trygt og godt miljø i barnehagane. FUG har særleg vore oppteken av å gi innspel til ny opplæringslov og tiltak for utbetring av skulebygg. Utvala har vidare jobba målretta med foreldreundersøkingar og mot lærarutdanningane, og med å vidareutvikle og marknadsføre heimesidene sine.

Budsjettforslag for 2024

Kunnskapsdepartementet vil halde oppe eit rådgivande organ og ein høyringsinstans på nasjonalt nivå som sikrar at foreldre blir høyrde i aktuelle barnehage- og skulepolitiske saker. Departementet foreslår å vidareføre ordninga med nasjonale foreldreutval og løyve 17 mill. kroner på posten.

Kap. 222 Statlege skular og fjernundervisningstenester

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

158 902

127 597

147 146

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 476

1 756

1 900

Sum kap. 222

160 378

129 353

149 046
Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane på kapittelet gjeld

  • drift av Sørsamisk kunnskapspark i Hattfjelldal

  • drift av Samisk vidaregåande skule i Karasjok og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino

Opplæringa ved Sørsamisk kunnskapspark og dei vidaregåande skulane følger Kunnskapsløftet – samisk. Etatsstyringa av dei samiske vidaregåande skulane og Sørsamisk kunnskapspark er delegert til Utdanningsdirektoratet.

Mål for 2024

Målet med løyvinga er å medverke til å utvikle samisk identitet, språk og kultur.

Resultat i 2022

Sørsamisk kunnskapspark

Sørsamisk kunnskapspark tilbyr fjernundervisning for elevar som har rett til språkopplæring i sør- og lulesamisk, men som ikkje har tilbod om språkopplæring i eigen kommune. Per 1. oktober 2022 var det 147 elevar som fekk samisk som fjernundervisning. Det er på om lag same nivå som førre skuleår.

Samiske vidaregåande skular

Dei samiske vidaregåande skulane er opne for elevar frå heile landet og har både heiltids- og deltidselevar. Begge skulane har eit særleg ansvar for å gi undervisning på og i samisk. Skulane gir òg fjernundervisning i samisk.

I skuleåret 2022–23 hadde Samisk vidaregåande skule i Karasjok 104 elevar. I tillegg fekk 68 elevar fjernundervisning.

Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino hadde 86 elevar i skuleåret 2022–23. I tillegg fekk 21 elevar fjernundervisning.

Diamanten skole

Statped driv Diamanten skole i Oslo, som gir grunnskuleundervisning og vidaregåande opplæring til døvblindfødde elevar. Skulen har eit tak på ti elevplassar, og desse plassane var fylte opp i 2022. Opplæringa er individuelt tilpassa føresetnadene og behova til den einskilde eleven og legg særleg vekt på kommunikasjon, informasjonstileigning og mobilitet. Dette skuleåret har skulen utvikla ein eigen plan for komplementerande ferdigheiter, som skal støtte opp under utvikling, læring og livsmeistring hos denne elevgruppa.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 147,1 mill. kroner på post 01 og 1,9 mill. kroner på post 45.

I statsbudsjettet for 2022 blei det gitt ei startløyving for å bygge eit samlokalisert bygg for Det Samiske Nasjonalteateret Beaivváš og Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino. Prosjektet skal gjennomførast innanfor absolutte økonomiske rammer (prinsippa om design-to-cost) og skal vere klart til skulestart i 2024. Midlane til byggeprosjektet blir løyvde over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet, kap. 2445, post 33.

Samisk vidaregåande skule og reindriftsskule i Kautokeino overtek det nye bygget i mai 2024 og skal derfor betale husleige for delar av i 2024. Skulen flyttar samtidig ut av eksisterande bygg, men det vil bli ein viss overlapp i husleige i 2024. Husleigekostnadene vil auke med 11 mill. kroner i 2024. Departementet vil kompensere skulen for heile denne auken og foreslår derfor å auke løyvinga på post 01 tilsvarande. Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med ytterlegare 1 mill. kroner i 2024 som følge av ekstra kostnader i samband med flyttinga. Skulen må mellom anna betale for å flytte tunge maskinar som blir brukte i yrkesfaga.

Departementet foreslår å auke løyvinga på post 01 med 0,5 mill. kroner for å innføre gratis skulemat ved dei to statlege samiske vidaregåande skulane.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3222, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3222 Statlege skular og fjernundervisningstenester

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

02

Salsinntekter o.a.

24 482

20 986

21 909

Sum kap. 3222

24 482

20 986

21 909

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna kurs og vaksenopplæring, sal frå kantine, hybelutleige og betaling frå heimeskulane for fjernundervisning.

Kap. 223 Diamanten skole

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

27 121

28 603

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

352

380

Sum kap. 223

27 473

28 983

Mål for 2024

Målet med løyvinga til Diamanten skole er å medverke til at barn og unge med medfødt døvblindskap har eit tilrettelagt opplæringstilbod og får sjansen til å vere aktive deltakarar i eiga læring og utvikling.

Resultat i 2022

Sjå rapport under kap. 222 over.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 28,6 mill. kroner på post 01 og 0,4 mill. kroner på post 45.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3223, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3223 Diamanten skole

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

02

Salsinntekter o.a.

685

715

Sum kap. 3223

685

715

Post 02 gjeld inntekter frå refusjonar. Sjå rapport og rekneskap under kap. 3222.

Kap. 224 Tilskot til freds- og menneskerettssenter

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Freds- og menneskerettssenter

112 860

113 658

120 926

71

Det europeiske Wergelandsenteret

11 672

12 004

12 772

Sum kap. 224

124 532

125 662

133 698

Kunnskapsdepartementet gir tilskot til sju freds- og menneskerettssenter. Sentera er uavhengige stiftingar.

Post 70 Freds- og menneskerettssenter

Posten omfattar tilskot til desse freds- og menneskerettssentera:

  • Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) (Oslo)

  • Falstadsenteret (Ekne i Trøndelag)

  • Arkivet freds- og menneskerettighetssenter (Kristiansand)

  • Nansen Fredssenter (Lillehammer)

  • Narviksenteret

  • Raftostiftelsen (Bergen)

Mål for 2024,

Freds- og menneskerettssentera skal dokumentere, forske på og formidle om demokrati, fred og menneskerettar, fangehistorie og folkemord. Aktiviteten til sentera er mellom anna retta mot grunnopplæringa.

Dei einskilde sentera har særskilde nasjonale eller regionale oppgåver som er nærare definerte i tilskotsbreva til sentera.

Resultat i 2022

Aktiviteten til sentera har auka mykje frå 2021 som følge av at restriksjonane blei oppheva etter pandemien. Om lag 50 000 elevar frå ungdomsskular og vidaregåande skular deltok i undervisningstilboda til freds- og menneskerettssentera i 2022, mot om lag 36 000 i 2021. Alle sentera rapporterer om auka etterspurnad etter tilboda deira, inkludert til Dembra – Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme. Det har òg vore ei satsing på digitale læringstilbod ved alle sentera.

Arbeidet med å styrke dokumentasjon, forsking og oppdatering av ulike register blei vidareført. I tillegg til undervisningstilbod blei det gjennomført ei rekke utstillingar, arrangement og markeringar lokalt. Samla besøkte om lag 130 000 personar sentera i 2022, og fleire av dei rapporterer om rekordhøge besøkstal.

HL-senteret markerte at det var 80 år sidan dei største deportasjonane av jødar frå Noreg med ei eiga utstilling og stor markering i Oslo rådhus. Senteret heldt fram forskingsarbeid med prosjekt knytte til rettsoppgjeret etter holocaust og etterkrigsoppgjeret.

Stiftelsen Arkivet fekk status som forskingsinstitusjon hos Noregs forskingsråd i 2022. Ein viktig del av arbeidet til stiftinga er å forske for å dokumentere historiene til krigsseglarane gjennom Krigsseglarregisteret.

Narviksenteret hadde rekordhøge besøkstal. Senteret heldt fram deltaking i Dembra gjennom undervisning ved tre nye skular, i tillegg til dei som hadde starta opp i 2021.

Nansensenteret rettleia skular i arbeidet mot utanforskap og antidemokratiske haldningar gjennom Dembra-satsinga. Senteret heldt lærarkurs i korleis ein kan skape gode samtalefellesskap i klasserommet.

Falstadsenteret hadde redusert kapasitet i delar av året på grunn av pandemien, ombygging av undervisningslokala og produksjon av utstillingsmodular til eit nytt undervisningstilbod. Trass i dette hadde dei rekordhøge besøkstal på arrangementa.

Raftostiftelsen leverte tidleg i 2022 rapporten «Human rights defenders under attack», som inkluderer kartlegging av situasjonen for menneskerettsforsvararar. Kartleggingsarbeidet starta i 2020.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 120,9 mill. kroner på posten.

Tabell 4.4 Tilskot til freds- og menneskerettssenter

(i 1 000 kr)

Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter

44 775

Falstadsenteret

27 425

Arkivet freds- og menneskerettighetssenter

19 189

Nansen Fredssenter

9 349

Narviksenteret

12 201

Raftostiftelsen

7 987

Sum

120 926

Post 71 Det europeiske Wergelandsenteret

Det europeiske Wergelandsenteret (EWC) samarbeider med Europarådet om opplæring i interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap, jf. Innst. S. nr. 9 (2008–2009) og St.prp. nr. 86 (2007–2008) Om samtykke til inngåelse av samarbeidsavtale av 16. september 2008 mellom Norge og Europarådet om Det europeiske ressurssenteret for opplæring i interkulturell forståelse, menneskerettigheter og demokratisk medborgerskap.

Mål for 2024

Tilskotet skal bidra til at Wergelandsenteret kan vere eit ressurssenter for opplæring på områda interkulturell forståing, menneskerettar og aktivt medborgarskap for ulike målgrupper som arbeider på utdanningsfeltet.

Resultat i 2022

Over 30 000 lærarar, lærarutdannarar og andre pedagogar fekk opplæring direkte gjennom EWC-prosjekt i 2022. Fleire tilbod blei tilpassa og oppretta på grunn av krigen i Ukraina, eit land der EWC sidan 2013 har hatt eit stort prosjekt med å styrke demokratiske reformer i utdanningssektoren. Senteret har særleg arbeidd med å tilby digital undervisning og kompetanseheving for ukrainske lærarar. I alt 543 skular i åtte ulike land deltok i eit av EWCs program i 2022.

EWC har samarbeidd med lokale og nasjonale styresmakter i 13 ulike land om utdanningsspørsmål. Senteret har òg vore ein del av UNESCOs rådgivande styre for å utvikle ein ny rettleiar om korleis ein kan handtere hatefulle ytringar gjennom utdanning.

I tillegg tilbyr EWC læringstilbodet om 22. juli i samarbeid med 22. juli-senteret og Utøya AS. I 2022 blei det arrangert 15 tredagarssamlingar for elevar og lærarar på Utøya der det deltok 324 elevar frå 85 forskjellige skular. I tillegg blei det arrangert kurs for lærarar og lærarstudentar. Kunnskapsdepartementet bidrog med 5 mill. kroner i prosjektmidlar til læringstilbodet om 22. juli og demokratisk medborgarskap i 2022, jf. kap. 226, post 21

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 12,8 mill. kroner på posten.

Kap. 225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

11 890

22 692

23 958

21

Særskilde driftsutgifter

20 307

117 768

135 961

60

Tilskot til landslinjer

244 976

250 311

271 989

61

Rentekompensasjon for investeringar i læringsarenaer og større utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring

15 000

63

Tilskot til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

83 703

115 074

125 171

64

Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

103 712

124 967

368 482

65

Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg, kan overførast

88 887

331 258

280 000

66

Tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme

15 345

15 886

16 935

67

Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk

8 423

9 577

9 846

68

Tilskot til opplæring i kriminalomsorga

310 689

318 886

341 241

69

Tiltak for fullføring og kvalifisering i vidaregåande opplæring

830 927

969 456

888 117

74

Prosjekttilskot

3 579

7 110

10 064

75

Grunntilskot

104 436

101 736

108 316

Sum kap. 225

1 826 874

2 384 721

2 595 080

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga på post 01 finansierer dei kostnadene som statsforvaltarane har ved å administrere sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.

Løyvinga på post 21 dekker utgifter til lærarar som har teke på seg sensoroppdrag ved sentralt gitt eksamen (sensur og klagebehandling). Statsforvaltaren utbetaler midlane.

Utarbeiding av sentralt gitt eksamen og digitale prøve- og eksamenstenester blir finansiert av løyvinga på kap. 220, post 21.

Mål for 2024

Målet med løyvingane er å bidra til å sikre at det blir gjennomført sentralt gitt eksamen i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.

Resultat i 2022

Våren 2022 blei det avlagt 35 800 sentralt gitte eksamenar i vidaregåande opplæring. Tala er langt lågare enn vanleg fordi eleveksamen blei avlyst våren 2022. Om lag 97 pst. var privatisteksamenar.

Hausten 2022 blei det avlagt til saman 27 700 sentralt gitte eksamenar i vidaregåande opplæring, som er færre enn vanleg for hausteksamen. Av desse var 97 pst. privatisteksamenar, medan resten blei avlagde av elevar med rett til enten særskild, utsett eller ny eksamen.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 24 mill. kroner på post 01 og 136 mill. kroner på post 21.

Departementet foreslår å auke løyvinga på post 21 med 11 mill. kroner for å auke timesatsen for sensorar på sentralt gitt eksamen. Bakgrunnen for forslaget er at det over tid har utvikla seg ein urimeleg skilnad mellom timesatsen for sentralt gitt og lokalt gitt eksamen. Auken skal bidra til å rekruttere fleire sensorar.

Post 60 Tilskot til landslinjer

Tilskotet går til fylkeskommunar med landslinjer, til drift av landslinjene og til innkjøp av utstyr.

Landslinjeordninga omfattar eit breitt spekter av utdanningstilbod, frå særleg små tilbod som berre finst éin stad i landet, til særleg utstyrskrevjande tilbod som finst fleire stadar. Ordninga skal bidra til å dekke kompetansebehov i arbeidslivet.

Mål for 2024

Målet med tilskotsordninga er at elevar frå heile landet kan få eit nasjonalt tilbod i små og/eller kostbare kurs i vidaregåande opplæring.

Resultat i 2022

I skuleåret 2022–23 var det 1 760 heilårsplassar fordelte på 53 landslinjetilbod. Hausten 2022 brukte fylkeskommunane om lag 81 pst. av kapasiteten ved alle landslinjene. For våren 2022 var talet om lag 77 pst. I dei siste åra har i overkant av 80 pst. av elevplassane ved landslinjene blitt nytta.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 272 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,6 mill. kroner for å dekke våreffekten av vg3-tilbodet for landslinja i bratt friluftsliv ved Rauma videregående skole.

I statsbudsjettet for 2023 er det løyvd midlar til oppstart av ei ny landslinje i flyfag i Trøndelag ved Fosen videregående skole. Departementet foreslår å auke løyvinga med 4,5 mill. kroner til våreffekt av vg2-tilbodet og hausteffekt av vg3-tilbodet i 2024. Auken blir motsvart av ein tilsvarande reduksjon i rammetilskotet til fylkeskommunane.

Post 61 Rentekompensasjon for investeringar i læringsarenaer og større utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring

Mål for 2024

Målet med ordninga er å stimulere kommunale investeringar i læringsarenaer og større utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring. Løyvinga skal nyttast til å innfri tilsegner om rentekompensasjon som blir gitt i 2024.

Budsjettforslag for 2024

I regjeringsplattforma varsla regjeringa at den ville innføre ei rentekompensasjonsordning for investeringar i utstyr og areal som er tilrettelagde for praktiske fag og undervisningsmetodar. I arbeidet med stortingsmeldinga om 5.–10. trinn har departementet fått tilbakemeldingar om at skulen i dag er prega av for mykje stillesitjing og for lite variasjon og praktisk læring. Dei nye læreplanane legg godt til rette for meir utforskande og praktisk læring, men det er nødvendig med fleire praktiske læringsarenaer både inne og ute, og utstyrsressursar som gjer dette mogleg i praksis. Regjeringa foreslår derfor å innføre ei ny åtteårig rentekompensasjonsordning til kommunane for investeringar i læringsarenaer og større utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring.

Tiltaket skal bidra til å nå hovudmålet i den komande meldinga til Stortinget om 5.–10. trinn og må sjåast i samanheng med det eittårige tilskotet til ein meir praktisk skule på 5.–10. trinn, som departementet foreslår å løyve over kap. 226, post 21. Regjeringa tek sikte på at rentekompensasjonsordninga skal ha ei total ramme på 8 mrd. kroner. Regjeringa foreslår at ein mrd. kroner blir fasa inn i statsbudsjettet for 2024. Ordninga tek til å gjelde frå og med andre halvår 2024 og har ein budsjetteffekt på 15 mill. kroner i 2024.

Rentekompensasjonen blir rekna ut sjablongmessig med utgangspunkt i eit serielån med 20 års løpetid og flytande rente i Husbanken. Kommunane står fritt til å velje om finansieringa skal skje med eller utan opptak av lån, og dei kan velje fritt kva låneinstitusjon som skal nyttast. Husbanken skal forvalte ordninga, men Husbanken gir ikkje lån til desse tiltaka.

Post 63 Tilskot til samisk i grunnopplæringa, kan overførast

Under denne posten er det tre tilskotsordningar:

  • tilskot til samiskopplæring i grunnskulen

  • tilskot til samiskopplæring i vidaregåande opplæring

  • tilskot til studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for lærarar i grunnopplæringa og rekrutteringsstipend for lærarstudentar

Berekningsreglane for tilskot til samiskopplæring i grunnskulen har vore kompliserte og gav store skilnader i tilskot for elevar i kommunar innanfor og utanfor forvaltningsområdet for samisk språk. Tilskot for elevar i kommunar innanfor og utanfor forvaltningsområdet blei berekna etter to ulike modellar. Frå og med 2023 blir tilskotet for alle kommunar og privatskular berekna etter dei same kriteria. Tilskotet baserer seg no på talet på elevar som får opplæring i samisk språk, talet på timar etter samisk læreplan og inndeling i grupper etter hovudtrinn.

Berekningsreglane for tilskot til samiskopplæring i vidaregåande opplæring tok tidlegare utgangspunkt i talet på klokketimar per elev per fylke. I einskilde fylke er avstandane så store at det ikkje er mogleg å slå saman grupper på tvers av skular. Frå og med 2023 blir tilskotet berekna med utgangspunkt i kvar skule i staden for kvart fylke.

Nye berekningsreglar for tilskot til opplæring i samisk inneber i utgangspunktet at nokre kommunar får mindre tilskot, medan andre får meir. Løyvinga til opplæring i samisk blei derfor auka monaleg i 2023-budsjettet, slik at ingen kommunar skulle tape på omlegginga. I tillegg blei timeprisen per berekna tilskotsstime auka både for grunnskulen og for vidaregåande opplæring. Departementet har konsultert Sametinget undervegs, og det er semje om omlegginga.

Mål for 2024

Tilskotet skal bidra med finansiering til kommunar, fylkeskommunar og private skular som tilbyr samiskopplæring i samsvar med § 6-2 og § 6-3 i opplæringslova. Tilskotet skal òg bidra til at lærarar får vidareutdanning i samiske språk, og at lærarstudentar tek utdanning i samiske språk.

Resultat i 2022

Det har vore ei liten auke i talet på elevar med samisk språk i grunnskulen frå 2021 til 2022, jf. tabellen under.

Tabell 4.5 Talet på grunnskuleelevar med samisk som første- og andrespråk

Skuleår

2019–20

2020–21

2021–22

2022–23

Samisk som førstespråk

954

1 011

1 009

990

Samisk som andrespråk

1 446

1 511

1 483

1 552

Totalt

2 400

2 522

2 492

2 542

Endring frå året før i pst.

0,3

5

–1,2

2

Kjelde: Grunnskulens informasjonssystem (GSI), Utdanningssdirektoratet

I tilskotsordninga til samisk i vidaregåande opplæring blei det i 2022 utbetalt tilskot for i alt 363 elevar. Det er 23 fleire enn i 2021.

I 2022 blei det utbetalt 1,2 mill. kroner til studiepermisjonar for vidareutdanning i samisk for lærarar i grunnopplæringa og til stipend for lærarstudentar, mot 1,6 mill. kroner i 2021 og 2,2 mill. kroner i 2020. Statsforvaltaren i Nordland og Statsforvaltaren i Trøndelag melder om at universitet og høgskular har hatt for få vidareutdanningstilbod for lærarar i 2022 til å dekke behovet. Det er også vanskeleg å rekruttere til utdanning i lule- og sørsamisk.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 125,2 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 2,3 mill. kroner som følge av at det er lagt til grunn ein auke i talet på elevar som får opplæring i samisk.

Post 64 Tilskot til opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg

Løyvinga skal finansiere opplæring av barn og unge som søker opphald i Noreg. Dette omfattar asylsøkarar og personar som søker om familiesameining. Løyvinga inkluderer tilskot til tre grupper:

  • barn og unge til og med 15 år som har rett og plikt til grunnskuleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til grunnskuleopplæring

  • ungdom mellom 15 og 18 år som søker opphald, og som har rett til vidaregåande opplæring

Tilskotsordninga er avgrensa til dei som bur på mottak/omsorgssenter eller oppheld seg lovleg i landet medan dei ventar på å få avgjort søknad om opphaldsløyve, inntil dei fyller 18 år eller har fullført det skuleåret dei fyller 18 år.

Mål for 2024

Tilskotet skal bidra til at barn og unge som søker opphald i Noreg, får grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring, jf. opplæringslova § 2-1 andre ledd og § 3-1 tolvte ledd.

Resultat i 2022

Tilskotet for 2022 finansierte opplæring i skuleåret 2021–22. Som eit gjennomsnitt for månadene i skuleåret 2021–22 blei det gitt grunnskuleopplæring til 1 483 barn som budde i mottak/omsorgssenter eller som budde privat, mot 789 i 2020–21. Auken kjem i stor grad som følge av fordrivne frå Ukraina. Skuleåret 2021–22 var det – i gjennomsnitt for månadene i skuleåret – 25 elevar i aldersgruppa 16–18 år som fekk vidaregåande opplæring. Det er 18 fleire enn i skuleåret 2020–21.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 368,5 mill. kroner på posten.

Løyvinga er auka med 234,9 mill. kroner som følge av ein auke i talet på elevar som utløyser tilskot. Auken kjem i hovudsak av at det har kome fleire fordrivne til Noreg etter angrepet på Ukraina.

Post 65 Rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg, kan overførast

Mål for 2024

Løyvinga skal nyttast til å innfri tilsegner om rentekompensasjon som er gitt i perioden 2002–16. Målet med ordninga var å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å bygge nye skule- og symjeanlegg og rehabilitere og ruste opp eksisterande anlegg.

Resultat i 2022

Det blei utbetalt 88,9 mill. kroner i rentekompensasjon for skule- og symjeanlegg i 2022.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 280 mill. kroner på posten.

Renteføresetnaden for ordninga i 2024 på 3 pst. er uendra frå saldert budsjett for 2023. Løyvingsbehovet er redusert med 51,3 mill. kroner som følge av at skule- og symjeanlegga som det blir gitt rentekompensasjon for, blir nedbetalte, slik at dei berekna låna blir mindre.

Post 66 Tilskot til skuleturar i samband med handlingsplan mot antisemittisme

Posten gjeld tilskot til skuleturar for ungdom i alderen 12–16 år til tidlegare konsentrasjonsleirar og minnestadar frå den andre verdskrigen, innanlands eller utanlands. Tilskot til desse skuleturane er eitt av tiltaka i den vidareførte Handlingsplan mot antisemittisme 2021–2023.

Mål for 2024

Målet med tilskotsordninga er å stimulere til at skuleeigarar, skular og foreldregrupper organiserer turar til tidlegare konsentrasjonsleirar eller minnestadar frå den andre verdskrigen for elevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande opplæring.

Resultat i 2022

Det blei for skuleåret 2021–22 gitt tilskot til 40 ulike turarrangørar for 12 672 elevar i ungdomsskule og vidaregåande opplæring, mot 46 arrangørar og 12 660 elevar i ungdomsskulen i skuleåret 2020–21. Alle søknader som fylte kriteria i tilskotsordninga, fekk tilskot. Talet på søknader blei også i skuleåret 2021–22 påverka av covid-19-pandemien. Det er i stor grad private aktørar som arrangerer turane.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 16,9 mill. kroner på posten.

Post 67 Tilskot til opplæring i kvensk eller finsk

Under denne posten er det tre tilskotsordningar:

  • ei tilskotsordning for opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk i grunnskulen

  • ei tilskotsordning for opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk i vidaregåande opplæring

  • ei ordning med studiepermisjonar for vidareutdanning i kvensk eller finsk for lærarar i grunnskulen

Mål for 2024

Målet med løyvinga er å bidra til at elevar med kvensk/norsk-finsk bakgrunn i Troms og Finnmark får opplæring i kvensk eller finsk som andrespråk ved kommunale og private grunnskular i samsvar med rettane som går fram av § 2-7 i opplæringslova. Vidare er målet med løyvinga å bidra til at elevar og lærlingar med kvensk/norsk-finsk bakgrunn får opplæring i kvensk eller finsk ved fylkeskommunale og private vidaregåande skular. Det er òg eit mål å styrke kompetansen i kvensk og finsk for lærarar i grunnskulen.

Resultat i 2022

Talet på elevar i Troms og Finnmark som vel kvensk eller finsk som andrespråk i grunnskulen, har gått ned dei siste åra. Hausten 2022 var det 407 elevar, 19 færre enn i 2021. Våren 2022 var det i alt 25 elevar som fekk opplæring i kvensk eller finsk i vidaregåande opplæring, mot 26 elevar i 2021. Det blei innvilga tilskot til 1,9 studieheimlar i 2022, mot 1,8 i 2021.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 9,8 mill. kroner på posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 0,4 mill. kroner som følge av nytt anslag for talet på elevar som vil få opplæring kvensk eller finsk.

Post 68 Tilskot til opplæring i kriminalomsorga

Innsette i fengsel har rett til opplæring under soning av straff. Tilskotet skal bidra til at dei innsette får den opplæringa dei har krav på. Fylkeskommunane har ansvaret for opplæringa i norske fengsel, og dei vidaregåande skulane står for gjennomføringa.

Fylkeskommunar med særskilde oppgåver på området får tilskot for tilbod som ungdomseiningar, oppfølgingsklassar, eining for tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning (TAFU), eining for narkotikaprogram med domstolskontroll (ND) og den felles IKT-løysinga Desktop for skolen (DFS).

Mål for 2024

Målet med tilskotsordninga er at innsette som ikkje har fullført grunnskulen eller vidaregåande opplæring, og som har rett til og ønsker slik opplæring, får det. Oppfølgingsklassane skal bidra til at lauslatne skal kunne fullføre opplæring som er begynt under soning. Opplæringa skal bli gitt etter læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 og opplæring i grunnleggande ferdigheiter.

Resultat i 2022

Det er opplæringstilbod for innsette i alle fengsla i Noreg. Om lag 40 pst. av dei innsette tok del i opplæring i 2022, opp frå 36 pst. i 2021. I hovudsak følger opplæringa læreplanplanverket for vidaregåande opplæring, og i stor grad fag knytte til yrkesfaglege utdanningsprogram. I samarbeid med kriminalomsorga gir skulane også opplæringstilbod for å stimulere innsette til å kome i gang med grunnskule og/eller vidaregåande opplæring, kategorisert som «anna opplæring» i tabellen under. Skulane samarbeider med kriminalomsorga for å legge til rette for dei innsette som ønsker å ta fatt på høgare utdanning. Statsforvaltaren i Vestland og Kriminalomsorgsdirektoratet arbeider i lag for å betre tilgangen til bruk av IKT og digitale verktøy for opplæring i fengsel.

Hausten 2022 la Riksrevisjonen fram ei undersøking av helse-, utdannings- og velferdstenester for innsette, jf. Dokument 3:4 2022–2023. Helsedirektoratet, Arbeids- og velferdsdirektoratet, Utdanningsdirektoratet, Husbanken og Kriminalomsorgsdirektoratet har laga ein plan for oppfølging av undersøkinga. Kunnskapsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet samarbeider om oppfølginga av planen for det som gjeld opplæring i kriminalomsorga.

Omfanget av opplæring på heiltid har auka dei siste åra, noko som blir rekna som positivt. Det er samstundes langt fleire innsette som deltek i opplæring på deltid. For dei innsette som vurderer å ta opplæring i fengsel, kan både korte dommar og dårlege erfaringar frå skulen tidlegare i livet bidra til at det er vanskeleg å motivere seg for å starte på eit fullt løp med vidaregåande opplæring.

Tabell 4.6 Tal på elevar/deltakarar i fengsel og oppfølgingsklassar og tilbakeføringsprogram, gitt i totaltal og gjennomsnitt, fordelte etter opplæringstype

2021

2022

Heiltid

Deltid

Heiltid

Deltid

Reg. elevar1

Snitt2

Reg. elevar

Snitt

Reg. elevar

Snitt

Reg. elevar

Snitt

Grunnskule

19

2

81

25

11

1

57

24

Vidaregåande skule

322

121

2 551

671

207

132

2548

680

Korte opplæringstilbod3

129

12

1 361

239

113

17

1762

315

Anna opplæring

28

9

916

140

42

4

1022

178

Sum

498

144

4 909

1 075

373

157

5 389

1 201

Fagskule4

29

2

24

3

Høgskule/universitet4

146

55

129

59

1 Reg. elevar vil seie kor mange som har fått opplæring i løpet av kalenderåret.

2 Snitt vil seie gjennomsnittleg tal på elevar/deltakarar basert på fire rapporteringstidspunkt i løpet av året.

3 Korte opplæringstilbod er tilpassa opplæringstilbod heimla i fagplanverket for den vidaregåande skulen.

4 Tala for fagskule og høgskule/universitet er ikkje differensierte etter heiltid/deltid.

Kjelde: Statsforvaltaren i Vestland

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 341,2 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår å auke løyvinga med 1,3 mill. kroner til å dekke opplæringskostnader for to nye plassar ved Ungdomseining aust på Eidsvoll. Sjå omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Justis- og beredskapsdepartementet.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på posten, jf. forslag til vedtak III nr. 2.

Post 69 Tiltak for fullføring og kvalifisering i vidaregåande opplæring

Mål for 2024

Løyvinga skal bidra til at fleire fullfører vidaregåande opplæring og er kvalifiserte for arbeid, læreplass og vidare utdanning.

Resultat i 2022

I 2022 fekk fylkeskommunane utbetalt totalt 830,9 mill. kroner til tiltak for fullføring av vidaregåande opplæring over denne posten.

Av dette blei totalt 460,9 mill. kroner utbetalt til følgande tilskot, som blei forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse:

  • tilskot for at personar utan lovfesta rett til opplæringa kunne fullføre vidaregåande opplæring

  • tilskot til yrkesfagleg rekvalifisering

  • tilskot til Fagbrev på jobb

Fylkeskommunane kunne omprioritere mellom tilskota i tråd med ressursbehov lokalt. Fylkeskommunane rapporterer mellom anna om at midlane førte til auka innsats for nye målgrupper av vaksne med behov for å fullføre vidaregåande opplæring i samarbeid med Nav.

I 2022 blei det utbetalt 370 mill. kroner for at fleire skulle få ein læreplass. Midlane blei forvalta av Utdanningsdirektoratet. Fylkeskommunane nytta midlane til ei rekke ulike tiltak. For å betre samarbeidet mellom skule og bedrift er det mellom nytta midlar på fleire læreplasskoordinator og formidlingsrådgivarar, lokale tilskotsordningar, særskilte språkopplæringstiltak for minoritetsspråklege og betre oppfølging av elevar med behov for særskild tilrettelegging.

Overordna melder fylkeskommunane om at den største utfordringa i arbeidet med kvalifisering og formidling til læreplass er å hjelpe elevar med psykisk uhelse, psykososiale utfordringar og svake norskferdigheiter ved overgangen mellom vg2 og vg3. Mange fylkeskommunar har satsa på tettare oppfølging og kvalifiseringstiltak for elevar som står i fare for å falle utanfor skule og lærebedrift. Fylkeskommunane forventar å sjå effektar av igangsette tiltak først frå hausten 2023 og våren 2024. Fleire fylkeskommunar rapporterer likevel om at tiltaka allereie har ført til at fleire elevar får tilbod om læreplass i fylka deira.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 888,1 mill. kroner på posten.

Frå hausten 2024 får etter planen personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse, rett til å ta eit nytt fagbrev (yrkesfagleg rekvalifisering), jf. Innst. 442 L (2022–2023) og Prop. 57 L (2022–2023). Regjeringa foreslår ein kompensasjon på 188,6 mill. kroner over rammetilskotet til fylkeskommunane for innføringa av retten. Det er ein auke på 29,6 mill. kroner i høve til 2023 i tråd med den varsla opptrappinga av finansieringa. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 159 mill. kroner (som svarer til tilskotet i 2023, prisjustert til 2024-kroner) mot ein tilsvarande auke av rammetilskotet til fylkeskommunane.

Løyvingsforslaget under denne posten gjeld følgande tilskot til fylkeskommunane:

  • 485,0 mill. kroner for å styrke arbeidet for fleire læreplassar og bidra til kvalifisering og formidling til læreplassar i fag- og yrkesopplæringa

  • 319,9 mill. kroner til å bygge ut tilbodet om vidaregåande opplæring i tråd med fullføringsretten. Retten er vedteken av Stortinget i juni 2023, og skal etter planen ta til å gjelde frå hausten 2024. Departementet tek sikte på at finansieringa av fullføringsretten vil halde fram som eit øyremerkt tilskot fram til 2026-budsjettet.

  • 83,2 mill. kroner for å stimulere til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb. Det er ein auke på 23,2 mill. kroner frå 2023

Fylkeskommunane vil kunne omprioritere mellom tilskota dersom vurderingar om ressursbehov tilseier det.

Post 74 Prosjekttilskot

Tilskotet er retta inn mot prosjekt på område der departementet meiner det er eit særleg behov for at private og frivillige organisasjonar gjennomfører tidsavgrensa tiltak. Organisasjonane som mottek tilskotet, vil som hovudregel få innvilga tilskot i inntil tre år såframt dei oppfyller krava i tilskotsordninga. Tilskot for fleire år blir gjevne med atterhald om Stortingets årlege budsjettvedtak. Utdanningsdirektoratet forvaltar tilskotsordninga.

Mål for 2024

Formålet med tilskotsordninga er å stimulere organisasjonar til å setje i verk prosjekt som på ulike måtar kan bidra til å nå dei måla departementet har sett for grunnopplæringa, jf. omtalen i kategoriinnleiinga. Verksemda til organisasjonane skal ha ein nasjonal verdi, og aktivitetar/tiltak skal nå flest mogleg elevar og skular. I 2024 vil departementet støtte tiltak som skal betre læringsmiljøet gjennom tiltak mot mobbing og prosjekt som stimulerer til auka leseferdigheiter og leselyst.

Resultat i 2022

Følgande organisasjonar fekk tildelt til saman 3,6 mill. kroner prosjekttilskot i 2022:

  • Redd Barna

  • MOT Norge

  • Stiftelsen Barnevakten

  • Norges Røde Kors

  • Foreningen !les

  • UNICEF-komiteen i Norge

  • Norsk Tourette Forening

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 10,1 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 2,5 mill. kroner som følge av at ordninga skal utvidast til å gjelde prosjekt som stimulerer til auka leseferdigheter og leselyst.

Post 75 Grunntilskot

Hovudregelen i økonomiregelverket er at statlege tilskot skal lysast ut på ein slik måte at alle potensielle søkarar kan søke. Det er unntak i regelverket for dei tilfella der tilskot er øyremerkte til mottakarar som er nemnde med namn i budsjettproposisjonen, slik tilfellet er med mottakarar av grunntilskot.

Som varsla i Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet vil departementet gjere grunntilskotet søknadsbasert frå 2024. Det vil gjere ordninga meir gjennomsiktig og lettare å etterprøve, og det vil sikre likebehandling. Målet med ordninga skal framleis vere å sikre langsiktige og stabile rammevilkår for nasjonale ressursmiljø. Utdanningsdirektoratet sende forslag til forskrift for ordninga på høyring i juni i år med høyringsfrist 15. oktober.

For å bidra til ein føreseieleg overgang til den nye søknadsbaserte ordninga foreslår departementet at ordninga skal gjelde frå 1. juli 2024. Det inneber at dagens grunntilskotsordning vil bli vidareført i første halvår 2024. Dersom innspel i høyringsrunden tilseier at tilskot til einskilde mottakarar bør vere øyremerkte for hausten 2024, vil departementet kome tilbake til dette i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024.

Mål for 2024

Målet med ordninga er å sikre langsiktige og stabile rammevilkår for nasjonale ressursmiljø som på ein særskild måte bidreg til å nå dei måla departementet har sett for grunnopplæringa, jf. kategoriinnleiinga.

Resultat i 2022

I 2022 fekk følgande organisasjonar tildelt til saman 104,4 mill. kroner frå ordninga for grunntilskot til nasjonale ressursmiljø. Av dette blei 52,7 mill. kroner fordelte på desse organisasjonane:

  • Elevorganisasjonen

  • FIRST Scandinavia

  • Operasjon Dagsverk

  • WorldSkills Norway

  • Foreningen Norden

  • Norsk håndverksinstitutt

  • Forandringsfabrikken

  • Blå Kors – Snakk om mobbing

  • Teknisk Senter AS

  • Ungt Entreprenørskap Norge

  • Blikk AS

  • Dysleksi Norge

  • Foreningen !les

  • Geitmyra matkultursenter for barn

  • Leser søker bok

  • Skeiv Ungdom

  • Stiftinga Magasinett

  • Faktisk.no

  • Sex og Politikk

  • FRI – foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold

  • Landslaget for norskundervisning

  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner

  • Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon

  • Unge funksjonshemmede

  • privatskuleorganisasjonar

I 2022 fekk Andøya Space Education (ASE) 16,8 mill. kroner. I 2022 deltok 6 829 personar på ulike aktivitetar i regi av ASE. 5 265 var elevar i grunnopplæringa, 1 381 fleire enn i 2021. ASE gjennomførte i 2022 ei rekke etter- og vidareutdanningskurs for lærarar og hadde ansvaret for fleire nettbaserte læringsressursar.

Norsk kulturskoleråd, Fellesrådet for kunstfagene i skolen og Samarbeidsforum for estetiske fag fekk 34,9 mill. kroner over posten i 2022. Organisasjonane har arbeidd med ei rekke tiltak og satsingar for å betre kvaliteten i kulturskulane og i arbeidet med kunst og kultur i grunnopplæringa. Kvar tilskotsmottakar har fordelt ein del av tilskotet vidare til underliggande medlemsorganisasjonar og prosjekt.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 108,3 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 75 000 kroner til Elevorganisasjonen som kompensasjon for tap av styregodtgjersle i samband med at styret i Lånekassen blei lagt ned frå 1. januar 2023.

Av løyvinga vil 54,1 mill. kroner etter planen bli lyst ut for hausten 2024 når forskrifta for den søknadsbaserte ordninga er fastsett. For å sikre føreseieleg finansiering vil Utdanningsdirektoratet kunne gi tilskot for tre år, med atterhald om Stortingets årlege budsjettvedtak.

Tabellen under viser forslag til fordeling av grunntilskot til organisasjonar for våren 2024. Tilskotet til interesseorganisasjonar for funksjonshemma blir fordelt på hovudorganisasjonane med 30 pst. til Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, 30 pst. til Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner og 40 pst. til Unge funksjonshemmede. Tilskotet til privatskuleorganisasjonar blir fordelt mellom organisasjonane etter talet på medlemsskular som har rett til statstilskot per 1. januar. Steinerskoleforbundet, Kristne Friskolers Forbund, Montessori Norge og Norske Fag- og Friskolers Landsforbund er tilskotsmottakarar. Grunntilskotet til kunst- og kulturarbeid i opplæringa blir fordelt med 14,4 mill. kroner til Norsk kulturskoleråd, 3,3 mill. kroner til Samarbeidsforum for estetiske fag og 1,4 mill. kroner til Fellesrådet for kunstfagene i skolen.

Tabell 4.7 Fordeling av tilskot på kap. 225, post 75

(i 1 000 kr)

Tilskotsmottakar

Tilskot 2024

Elevorganisasjonen

2 043

Operasjon Dagsverk

323

FIRST Scandinavia

6 025

WorldSkills Norway

2 142

Foreningen Norden

532

Norsk håndverksinstitutt

3 228

Interesseorganisasjonar for funksjonshemma

769

Ungt Entreprenørskap

290

Blikk AS

164

Skeiv Ungdom

822

Andøya Space Education

9 203

Privatskuleorganisasjonar

419

Grunntilskot til kunst- og kulturarbeid i opplæringa

19 116

Faktisk.no – skuleprosjektet TENK

3 804

Landslaget for norskundervisning

329

Sex og Politikk

329

FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold Rosa kompetanse skole og Rosa kompetanse barnehage

1 096

Geitmyra matkultursenter for barn

274

Foreningen !les

2 411

Stiftinga Magasinett

603

Leser søker bok

164

Dysleksi Norge

110

Sum

54 196

Kap. 3225 Tiltak i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

80 549

76 128

302 337

Sum kap. 3225

80 549

76 128

302 337

Visse innanlandske utgifter til flyktningar kan etter statistikkdirektiva til OECD definerast som offentleg utviklingshjelp. Ein del av løyvinga på kap. 225, post 64 blir rapportert som utviklingshjelp og refusjon frå Utanriksdepartementet blir ført på kap. 3225, post 04. Refusjon av ODA-godkjende utgifter er rekna til 302,3 mill. kroner i 2024.

Kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

1 767 176

1 075 393

1 308 639

22

Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar

1 580 278

1 570 634

1 648 270

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald , kan overførast

53 858

22 000

61

Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar

61 919

63 552

67 748

64

Programfinansiering av 0–24-samarbeidet

41 583

71

Tilskot til vitensenter

94 651

94 351

115 585

Sum kap. 226

3 599 465

2 825 930

3 140 242

Skuleeigarane har hovudansvaret for å utvikle kvaliteten på opplæringa i skular og lærebedrifter. Regjeringa legg stor vekt på å støtte og rettleie skular og skuleeigarar gjennom kompetanse- og utviklingstiltak. Kap. 226 omfattar løyvingar til kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Utdanningsdirektoratet har i stor grad ansvaret for å forvalte midlane og gjennomføre tiltaka. Delar av løyvingane på post 21 og 22 dekker utgifter til lønn og administrasjon i Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet og hos eventuelle andre statlege aktørar som har ansvar og delansvar for å drifte dei ulike prosjekta og tiltaka.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga på posten finansierer mellom anna kompetanse- og profesjonsutvikling i grunnopplæringa, tiltak for betre læringsmiljø, digitalisering, styrking av fag- og yrkesopplæringa og utvikling av læreplanverket for grunnopplæringa. Løyvinga på posten dekker òg ulike verktøy, prøver og datakjelder for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, mellom anna internasjonale undersøkingar, brukarundersøkingar, utdanningsstatistikk, forsking og evaluering. Løyvinga dekker drift av tidsavgrensa prosjekt i den sentrale utdanningsadministrasjonen, tilskot til offentlege og eventuelle private aktørar som blir involverte i kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, og eventuelle utgifter til offentlege utval og ekspertutval som departementet har sett ned. Det kan òg bli gitt tilskot til samordningsoppgåver i kommunesektoren over posten.

Mål for 2024

Midlane på posten skal medverke til å utvikle kvaliteten i grunnopplæringa for å nå dei statlege sektormåla, jf. omtalen av desse i kategoriinnleiinga.

Resultat i 2022

Samla blei det brukt 1,76 mrd. kroner over posten i 2022 for å nå dei overordna måla for grunnopplæringa som var fastsette for 2022. Tabell 4.8 viser samla rekneskap for posten i 2022, med tiltak samla for dei ulike måla for grunnopplæringa i 2022.

Tabell 4.8 Oversikt over løyvingar på kap. 226, post 21 i 2022

(i mill. kr)

Overordna mål for grunnopplæringa i 2022:

Rekneskap 2022

Alle har eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø

133,7

Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt

21,9

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

665,9

Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

832,2

Andre tiltak

113,5

Totalt

1 767,2

Alle har eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø

I 2022 blei det over denne posten brukt 133,7 mill. kroner til tiltak som støttar opp under målet om at alle har eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø. I tillegg blei det brukt 9 mill. kroner over kap. 231 Barnehagar, post 21 Særskilde driftsutgifter til arbeid med barnehagemiljø.

Tabell 4.9 Oversikt over løyvingar på kap. 226, post 21 til tiltak for å støtte målet om eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2022

Handhevingsordninga for skulemiljøsaker

36,0

Kompetanseutvikling for å skape gode barnehage- og skulemiljø

12,8

Mobbeombod, program mot mobbing og partnarskap mot mobbing

15,6

Dembra – Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme

13,7

Gratis SFO for elevar frå låginntektsfamiliar

49,2

Pilotforsøk for meir inkluderande praksis i barnehage, skule og SFO

1,4

Læringstilbod om 22. juli

5,0

Totalt

133,7

Handhevingsordninga for skulemiljøsaker

I 2022 vart det brukt 36 mill. kroner på handhevingsordninga for skulemiljøsaker. Det blei meldt inn 1 740 slike saker i 2022, ein auke på 408 saker frå 2021. Statsforvaltaren konkluderte med at aktivitetsplikta var broten i 94 pst. av sakene. Talet på saker til statsforvaltarane påverkar kor effektiv handhevingsordninga er. I 2022 har direktoratet jobba med fleire tiltak for å auke effektiviteten i saksbehandlinga. Det er tilført ytterlegare ressursar til saksbehandlinga, og saksbehandlingsrettleiaren til statsforvaltarane er oppdatert. Direktoratet har òg identifisert nokre område i regelverket der endringar kan forenkle behandlinga.

Kompetanseutvikling for å skape gode barnehage- og skulemiljø

Utdanningsdirektoratet publiserte i 2022 to digitale kompetansepakkar om trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Kompetansepakkane skal gi støtte til tilsette og leiarar i arbeidet med å utvikle kompetansen sin på det som bidreg til å fremje eit trygt og godt miljø, og førebygge vantrivsel og krenkingar.

10,6 mill. kroner gjekk til læringsmiljøprosjektet frå denne posten. Det er eit tilbod til barnehagar, skular og kommunar som ønsker å arbeide med eit trygt og godt skulemiljø, og som treng direkte støtte og rettleiing. I perioden 2020–22 har 18 kommunar med 19 barnehagar og 33 skular delteke. Våren 2022 starta ein ny pulje opp med 17 kommunar med 25 barnehagar og 28 skular.

Utdanningsdirektoratet arbeider med å oppdatere kunnskapsgrunnlaget om å skape eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø, og har kome til at det er særleg behov for oppdatert kunnskap kring vidaregåande opplæring.

Utdanningsdirektoratet delte ut Benjaminprisen, som blir administrert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret).

Mobbeombod, program mot mobbing og partnarskap mot mobbing

I 2022 blei det nytta 9,6 mill. kroner til mobbeombodsordninga. Av desse gjekk 9 mill. kroner til fylkeskommunane og 0,6 mill. kroner til Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger. Etter ei evaluering i 2020 er ordninga førebels vidareført ut 2024 i påvente av ei endeleg vurdering av korleis ordninga skal sjå ut i framtida. Tilrådingane frå Udir om ordninga kjem i november 2023.

I 2022 gjekk det 4 mill. kroner til antimobbeprogram og læringsmiljøprogram. Midlane blei fordelte til tre programeigarar: Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge, Universitetet i Stavanger og NORCE (Norwegian Research Centre).

I 2022 gjekk det 1,95 mill. kroner til Partnarskap mot mobbing, som består av regjeringa og 14 organisasjonar i oppvekst- og utdanningssektoren.

Dembra – Demokratisk beredskap mot rasisme og antisemittisme

Tiltaket omfattar rettleiing, kurs og nettbaserte ressursar for å førebygge ulike former for gruppebaserte fordommar. Dembra blir koordinert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret). 2 mill. kroner gjekk til Dembra for lærarutdannarar (Dembra LU), som omfattar kurstilbod til lærarstudentar, lærarar, skuleleiarar og andre tilsette i skulen. 10,5 mill. kroner gjekk til Dembra-arbeidet i grunnopplæringa. Læringsressursane dekker områda hatefulle ytringar, antisemittisme, rasisme, diskriminering av minoritetar og udemokratiske haldningar. I 2022 fekk også Dembra i oppdrag i å omsetje tekstar på dembra.no til sør- og lulesamisk. 1,2 mill. kroner vart løyvde til dette i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett, jf. Prop 115 S (2021–2022). Sjå óg omtale av Dembra i del III, kap. 8 Likestilling og arbeid mot diskriminering.

Gratis SFO for elevar frå låginntektsfamiliar

Målet med ordninga for skuleåret 2022–23 var å kompensere kommunane for å gi eit gratis tilbod om heiltidsplass på 1. trinn for elevar frå familiar med låg inntekt. Av 143 kommunar som søkte, fekk totalt 60 kommunar tilskot til å dekke gratis heiltidsplassar i SFO i skuleåret 2022–2023. Ordninga for elevar frå låginntektsfamiliar vert avvikla frå hausten 2023, fordi det hausten 2022 vart innført 12 timar gratis SFO for alle 1.-klassingar, og denne ordninga gjeld også alle 2.-klassingar frå hausten 2023. Ordninga med 12 timar gratis er ei universell ordning som gjeld alle elevar uavhengig av inntekta til foreldra. Sjå nærare omtale om foreldrebetaling i SFO under hovudinnleiinga til 07.20.

Pilotforsøk for meir inkluderande praksis i barnehage, skule og SFO

Tiltaket består av to delar. I del 1 i 2022 gjekk 0,94 mill. kroner til følgeforsking av pilotforsøk for meir inkluderande praksis i barnehage, skule og SFO i fem kommunar. Konsulentfirmaet ideas2evidence i samarbeid med Høgskolen i Østfold har hatt oppdraget. Pilotprosjektet blei avslutta i mars 2023. Del 2 blir leia av NTNU Samfunnsforsking, og i 2022 gjekk 0,5 mill. kroner til utprøving og forsking på ein modell for meir inkluderande praksis der PP-tenesta jobbar tettare på barnehagar og skular (2021–26).

Læringstilbod om 22. juli

Det europeiske Wergelandsenteret fekk tilskotet, som blei brukt til å gi fleire elevar og lærarar høve til å delta i opplæringstilbodet om 22. juli og demokratisk medborgarskap. Tilbodet er utvikla av 22. juli-senteret, Utøya AS og Wergelandsenteret.

Barn og unge som har behov for det, får hjelp tidleg, slik at alle får utvikla potensialet sitt

I 2022 blei det over denne posten brukt 21,9 mill. kroner til tiltak som støttar opp under målet.

Tabell 4.10 Oversikt over løyvingar på kap. 226, post 21 til tiltak for å støtte målet om at alle får utvikla potensialet sitt

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2022

Områdesatsingane i Groruddalen og Oslo sør

10,5

Symjeopplæring

9,0

Etatssamarbeidet om betre oppfølging av utsette barn og unge

1,6

Innovasjonsordninga Eit lag rundt eleven

0,8

Totalt

21,9

Områdesatsing i Groruddalen og Oslo sør

Midlane går til prosjekt innanfor barnehage og skule i områdesatsingane i Groruddalen (10 mill. kroner) og Oslo sør (0,5 mill. kroner). Målet med områdesatsingane, som er eit samarbeid mellom stat og kommune, er å betre miljø, butilhøve og levekår i eit geografisk avgrensa område. Eit delmål på opplæringsfeltet er at fleire elevar skal gjennomføre grunnopplæringa. Områdesatsingane er vedtekne til 2027, jf. Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Symjeopplæring

Målet med tiltaket er å gi nykomne minoritetsspråklege barn, unge og vaksne i grunnskuleopplæringa meir og betre symjeopplæring og dermed redusere risikoen for ulykker. Ordninga kunne også omfatte andre elevar som ikkje kan symje, eller som ikkje har fått delteke i den ordinære symjeundervisninga. I 2022 blei det nytta 8 mill. kroner.

I tillegg blei det i 2022 nytta 1 mill. kroner til å støtte symjeopplæring for elevar i grunnskulen, mellom anna nettsida svømmedyktig.no og ferdigheitsprøva i symjing.

Etatssamarbeidet om betre oppfølging av utsette barn og unge

I 2022 har 1,6 mill. kroner gått til å drifte etatssamarbeidet. Det er eit samarbeid mellom 13 etatar om betre oppfølging av utsette barn og unge og familiane deira, gjennom betre samarbeid mellom sektorar og tenester.

Innovasjonsordninga Eit lag rundt eleven

Utdanningsdirektoratet tildelte midlar til satsinga Eit lag rundt eleven for å undersøke effektar av systematisk satsing på tverrfagleg kompetanse gjennom to forskingsprosjekt.

Begge prosjekta leverte sluttrapportar i 2020, og NIFUs oppfølgingsrapport kom i 2021, og AFI ved OsloMet leverte rapport i 2022. Resultata viser ingen målbar effekt på læringsmiljøet eller læringsresultata, men samtidig viser forskinga at tiltaka kan ha positiv innverknad på elevane dersom skulen får til god implementering, nok tid, god forankring og god samarbeidskultur. God leiing og nok ressursar er òg avgjerande for å bygge eit god lag rundt eleven.

Dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse

I 2022 blei det over denne posten brukt 665,9 mill. kroner til tiltak som støttar opp under målet om at dei tilsette i kunnskapssektoren har høg kompetanse. Mesteparten av midlane til vidareutdanning blei løyvde over kap. 226, post 22 Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar, sjå meir omtale der.

Tabell 4.11 Oversikt over løyvingar på kap. 226, post 21 til tiltak for å støtte målet om høg kompetanse

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2022

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

268,0

Nye karrierevegar for lærarar (lærarspesialistar)

142,4

Yrkesfaglærarløftet inkl. yrkesfaglærar 2

113,0

Kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis

113,8

Vidareutvikling av undervegs- og sluttvurdering

17,4

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

9,6

Fagleg råd for lærarutdanningane 2025

1,2

Kvalitetsutvikling SFO

0,5

Totalt

665,9

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

Totalt 268 mill. kroner blei løyvde til desentralisert ordning for kompetanseutvikling i 2022. 242 mill. kroner blei fordelte til statsforvaltarane i alle fylka etter lærarårsverk og nytta til ulike kompetansetiltak etter prioritering i dei fylkesvise samarbeidsforuma. Skuleeigarar, universitet og høgskular samarbeider om innhald og organisering. 20,4 mill. kroner blei nytta til administrasjonen av ordninga internt i statsforvaltarembeta. Dei resterande midlane blei nytta til samarbeid og koordinering med universitets- og høgskulesektoren og noko til administrasjon.

Årsrapportane frå statsforvaltarane viser at det framleis er utfordringar med ordningane. Embeta har i 2022 vidareført arbeidet med å skape felles forståing for dei nye retningslinjene, få på plass langsiktige planar og skape felles forståing for roller, ansvar og intensjonar med tilskotsordninga. Statsforvaltarane rapporterer om at mange skular deltek i ordninga, både offentlege og private.

Inkluderande barnehage- og skulemiljø, arbeid med læreplanverk og inkludering og spesialundervisning er område som er prioriterte for kompetanseutvikling i grunnskulen. I vidaregåande opplæring er det vurderingspraksis, arbeid med nytt læreplanverk og leiing av skulebasert kompetanseutvikling som peikar seg ut som prioriterte område.

Karrierevegar for lærarar (lærarspesialistar)

Piloten er gradvis avvikla. Lærarar som var i funksjon skuleåret 2021–22, fekk høve til å fullføre, og lærarar som hadde starta på lærarspesialistutdanninga, fekk høve til å fullføre utdanninga. Våren 2022 var 1 633 lærarar i funksjon som lærarspesialistar innanfor 11 fag og fagområde, og totalt 457 lærarar studerte ved ulike lærarspesialistutdanningar. Regjeringa vil utvikle ei ny ordning for karrierevegar i tett samarbeid med partane. Dette vil inngå i arbeidet med å utvikle eit nytt system for kompetanse- og karriereutvikling for lærarar og andre tilsette i barnehage og grunnopplæring. Sjå nærare omtale i kategoriinnleiinga

Yrkesfaglærarløftet

Studieåret 2022–23 kunne yrkesfaglærarar søke på 25 vidareutdanningstilbod ved ni universitet og høgskular. Totalt 324 yrkesfaglærarar fekk tilbod om å delta studieåret 2022–23, og det blei i 2022 nytta 61 mill. kroner til vikar- og stipendmidlar og til studieplassar.

I tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling i fag- og yrkesopplæringa og Yrkesfaglærar 2-ordninga blei til saman 50 mill. kroner fordelte til fylkeskommunane og nytta til ulike kompetansetiltak etter prioritering i dei fylkesvise samarbeidsforuma. Skuleeigarar, arbeidslivet og tilbydarane av kompetanseutvikling samarbeider om innhald og organisering. 1 mill. kroner blei nytta til koordinering av eit nasjonalt nettverk for fylkeskommunane i ordningane. Deltakinga til yrkesfaglærarane i hospiteringsordninga auka med 50 pst. frå 2021, medan talet på instruktørar og faglege leiarar som deltok i ordninga, gjekk monaleg ned. Det var òg ein auke i deltakinga i Yrkesfaglærar 2-ordninga.

Kompetanseløft i spesialpedagogikk og inkluderande praksis

Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis blei sett i gang hausten 2020 og er ei oppfølging av Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Målet er å bygge kompetanse, både hos PP-tenesta, hos tilsette i barnehagar og skular og i heile støttesystemet i laget rundt barna og elevane, slik at alle barn og unge, uavhengig av føresetnader, skal få høve til utvikling, meistring, læring og trivsel.

Hovuddelen av kompetanseløftet er tilskot til lokal kompetanseutvikling med utgangspunkt i lokale behov. Kompetanseutviklinga skal skje i partnarskap med universitet eller høgskule. I 2022 blei det fordelt 109 mill. kroner til partnarskap mellom kommunar og universitet eller høgskule. Over 280 kommunar tek del i partnarskapane, enten åleine eller i nettverk med andre kommunar. Partnarskapane omfattar både offentlege og private eigarar, og det er ein føresetnad at PP-tenesta er inkludert i arbeidet.

I tillegg blei det brukt 4,4 mill. kroner til å utvikle nettbaserte støtteressursar og kompetansepakke for inkluderande praksis. Nye nettsider om inkludering og spesialpedagogikk blei publiserte hausten 2022, det same blei kompetansepakka «Inkluderande praksis».

Spesialpedagogikk og inkludering er høgt prioritert som kompetanseområde både i barnehagar og i skular. Barnehage- og skuleeigarar har vurdert kompetansebehova på dette området, og mange er no i gang med konkrete kompetansetiltak. I 2022 var det også ein auke i talet som fekk tilbod om vidareutdanning i spesialpedagogikk, sjå omtale under kap. 226, post 22.

Vidareutvikling av undervegs- og sluttvurdering

Vidareutviklinga av undervegs- og sluttvurdering som følge av fagfornyinga heldt fram. 10 mill. kroner blei nytta til utprøving av endringar i eksamensordninga, og 7 mill. kroner blei nytta til digitale vurderingsverktøy i sluttvurderinga.

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

I 2022 gjekk det 9,6 mill. kroner i stimuleringsmidlar til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skule, midlar som universitet og høgskular søkte på. I tillegg blei det nytta 5,7 mill. kroner over kap. 231 Barnehagar, post 21. 17 universitet og høgskular gav tilbod om rettleiing til barnehagar og skular. Tiltaket inkluderte òg informasjonstiltak og nettverksarbeid mellom barnehage- og skuleeigarar og lærarutdanningsinstitusjonane for at fleire nyutdanna nytilsette lærarar skulle få rettleiing. Sjå også omtalen av midlar løyvde over kap. 226, post 61 Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar.

Fagleg råd for lærarutdanning 2025

I 2022 blei det brukt 1,2 mill. kroner på drift av Fagleg råd for lærarutdanning 2025. Rådet blei etablert i 2018, og Utdanningsdirektoratet har sekretariatsansvaret. Rådet skal utarbeide fagleg funderte analysar og råd til bruk i oppfølginga av strategien Lærarutdanning 2025: nasjonal strategi for kvalitet og samarbeid i lærarutdanningane. Sjå òg omtalen under kap. 275 Tiltak for høgare utdanning og forsking, post 21.

Kvalitetsutvikling SFO

I 2022 blei det brukt 0,53 mill. kroner til utvikling av støtte- og rettleiingsmateriell til nasjonal rammeplan for SFO. Førebelse resultat frå ei undersøking blant tilsette og leiarar i samband med kartlegging av innføringa av ny rammeplan, viser ei positiv vurdering av støttemateriellet frå Utdanningsdirektoratet.

Alle lykkast i opplæringa og utdanninga

I 2022 blei det brukt 832,2 mill. kroner over denne posten til tiltak som støttar opp under målet.

Tabell 4.12 Oversikt over løyvingar på kap. 226, post 21 til tiltak for å støtte målet om at alle skal lykkast i opplæringa

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2022

Tiltak for å motverke negative konsekvensar av covid-19-pandemien

291,0

Fornying av innhaldet i skulen, nye læremiddel i samband med fagfornyinga og læreplanforvaltning

175,2

Den teknologiske skulesekken

112,0

Forsking, evalueringar, brukarundersøkingar og data for vurdering av kvalitet i skulen

98,4

Kompetansetiltak om psykisk helse i skulen

0,7

Oppfølgingsordninga

44,4

Forsøk med ulike ordningar for å stimulere til investeringar i utstyr i yrkesfaga

18,2

Tilskot til skulebibliotek og lesestimulering

17,6

Venneslabrua – frå ungdomstid til arbeidsliv

2,5

Tiltak for betre opplæring i realfag

15,7

Tiltak for minoritetsspråklege elevar og nasjonale minoritetar

16,6

Styrkt tilbod for ukrainske born, unge og vaksne

10,0

Samisk fjernundervisning og oppgradering av system for opptak

6,5

Digilær.no – nasjonal plattform for nettbasert undervisning

8,4

Lektor 2-ordninga for realfag

9,0

Tilskot til produksjonsskular

6,0

Totalt

832,2

Tiltak for å motverke negative konsekvensar av covid-19-pandemien

291 mill. kroner gjekk til kommunar, fylkeskommunar og private skular for tiltak retta mot sårbare barn og unge og for tiltak for å motverke negative konsekvensar av pandemien. 216 mill. kroner var retta mot sårbare barn og unge, og 75 mill. kroner var for å motverke negative konsekvensar av pandemien.

Fornying av innhaldet i skulen, nye læremiddel i samband med fagfornyinga og læreplanforvaltning

I 2022 blei det utbetalt 100 mill. kroner i tilskot til kommunane til nye læremiddel i samband med fagfornyinga. Stortinget løyvde også 40 mill. kroner i Prop. 78 S (2021–2022) til å etablere ei tilskotsordning for å utvikle pedagogisk barnehagemateriell og læremiddel på ukrainsk (og russisk ved behov). I tilskotsordninga vart det nytta 31,2 mill. kroner i 2022. Ressursane og læremidla er ferdig utvikla.

Det vart i tillegg nytta 15,6 mill. kroner til å utvikle digitale læremiddel på samisk.

Om lag 12,5 mill. kroner blei nytta til kvalitetssikring og kvalitetsutvikling av eksamen.

Det blei vidare nytta om lag 10,6 mill. kroner til læreplanforvaltning i 2022. Dette blei nytta til tiltak knytte til innføring av læreplanar, den digitale læreplanvisninga, utvikling av modulstrukturerte læreplanar for vaksne i 13 lærefag og kompetansepakkar for å støtte forståing og bruk av læreplanverket. 2 mill. kroner gjekk til vedlikehald, oppdatering og drift av språkløyper.no og realfagsløyper.no.

I tillegg blei om lag 5,3 mill. kroner nytta til kartleggingsverktøyet i grunnleggande norsk for språklege minoritetar i skulen. Verktøyet er no digitalisert og laga som ei støtte til lærarar. Verktøyet blir vidareutvikla i 2024.

Den teknologiske skulesekken

I 2022 blei det tildelt 60 mill. kroner til innkjøp av digitale læremiddel. Ordninga skal stimulere kommunar og fylkeskommunar til innkjøp av digitale læremiddel. I tillegg vart det nytta 20,1 mill. kroner på tilskotsordningar til kommunane og 10 mill. kroner til vitensentra til kompetanseheving i programmering for elevar og lærarar, 12,5 mill. kroner til vidareutvikling av kundeportalen og 9,1 mill. kroner til utgreiing, forvaltning av tiltaka i Den teknologiske skulesekken m.m.

Forsking og undersøkingar for vurdering og utvikling av kvalitet i skulen

I 2022 gjekk det 30 mill. kroner til ei rekke forskings-, kartleggings- og evalueringsoppdrag. Døme på prosjekt er evaluering av fagfornyinga, evaluering av lærarnorma og evaluering av ny kompetansemodell – desentraliserte ordningar for skule og yrkesfag. I tillegg blir det gjennomført spørjeundersøkingar i Skule-Noreg kvar vår og haust.

I 2022 blei det nytta 34 mill. kroner til internasjonale studiar. Noreg deltek regelmessig i desse trendstudiane, som blir gjennomførte kvart tredje, fjerde eller femte år:

  • PISA – Programme for International Student Assessment

  • TIMSS – Trends in International Mathematics and Science Study

  • ICCS – International Civic and Citizenship Education Study

  • ICILS – International Computer and Information Literacy Study

  • PIRLS – Progress in International Reading Literacy Study

I tillegg deltek Noreg i TALIS – Teaching and Learning International Survey.

Utgiftene til studiane varierer frå år til år alt etter kvar i syklusen studien er. Resultata frå studiane gir høve til å følge utviklinga i skulen sett i ein internasjonal samanheng og til å følge utviklinga i viktige fag, evner og haldningar over tid.

I 2022 gjekk det 11,4 mill. kroner til statistikk og indikatorutvikling. Det er sentrale element for arbeidet med kvalitet i skulen. Midlane blir nytta til å produsere statistikk og analysar om grunnopplæringa, til dømes statistikk om grunnskulen gjennom GSI (Grunnskulens informasjonssystem). Midlane blir òg nytta til å vidareutvikle formidling av statistikk og analyse, med vekt på god brukarforankring. Døme på dette er analysebrett, analysenotat, samarbeid mellom velferdsdirektorat om oppvekstprofilar og Utdanningsspegelen. Internasjonalt OECD/NESLI-arbeid inngår òg i denne posten.

Det blei òg nytta 2,6 mill. kroner til å utvikle ny teknisk løysing for å innhente informasjon frå barnehage og grunnskule.

Det blei nytta 19,1 mill. kroner til ulike brukarundersøkingar. Av desse midlane blei 16,6 mill. kroner brukt på ny teknisk løysning for brukarundersøkingar, medan dei resterande midlane, 2,5 mill. kroner, blei nytta til å drifte brukarundersøkingane. Vidare vart det nytta 1,2 mill. kroner til kvalitetsvurderingssystemet.

Kompetansetiltak om psykisk helse i grunnskulen og vidaregåande opplæring

Utdanningsdirektoratet tildelte i 2021 32,7 mill. kroner til tilskotsordning for psykisk helse i grunnskule og vidaregåande opplæring. I 2022 gjekk 0,7 mill. kroner til følgeforsking av prosjektet og til eit webinar for mottakarane av tilskotsordninga. Følgeforskinga vert avslutta i 2024.

Oppfølgingsordninga

Oppfølgingsordninga blei etablert med bakgrunn i Meld. St. 21 (2016–2017) Lærelyst – tidleg innsats og kvalitet i skolen. Målet med ordninga er å gi støtte og rettleiing til kommunar som er under den nedre grensa for kvalitet på sentrale område av opplæringa.

I 2022 blei nye 39 kommunar identifiserte til oppfølgingsordninga og starta opp arbeidet. Samstundes var kommunane som blei identifiserte i 2020, i gang med si gjennomføringsfase med ulike tiltak med sikte på betre kvalitet i opplæringa. Statsforvaltarane følger opp alle kommunane som er med i ordninga. I 2022 blei det nytta 44,4 mill. kroner til å støtte og rettleie kommunane i ordninga.

Forsøk med ulike ordningar for å stimulere til investeringar i utstyr på yrkesfaga

I 2022 blei det utbetalt 17,2 mill. kroner til fylkeskommunane til forsøk med ulike ordningar for å stimulere til investeringar i utstyr i yrkesfaga, medan 1 mill. kroner blei nytta til effektforsking. Formålet med tilskotet er å bidra til betre utstyr i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma, samstundes som forskinga skal undersøke kva verknader tilskotet har på fylkeskommunale investeringar i utstyr. Oslo Economics og Samfunns- og næringslivsforskning AS publiserte ein rapport i august i år. Rapporten peikar mellom anna på at det er usikkert kva for langsiktig effekt tilskotet som blei gitt i samband med forsøket, vil ha.

Tilskot til skulebibliotek og lesestimulering

Tiltaket er forankra i Nasjonal bibliotekstrategi 2020–2023 – Rom for demokrati og dannelse. Tiltaket gjeld ei tilskotsordning for kommunar som vil utvikle skulebiblioteka med tanke på lesestimulering.

Direktoratet tildelte 17,6 mill. kroner i 2022 i tilskot til kommunar og satsingane deira på skulebibliotek og lesestimulering. Tilskotsordninga blei evaluert i 2021, og ein rapport blei publisert på nyåret 2022. Evalueringa av tilskotsordninga viser at ho fungerer etter siktemålet. Ordninga har gitt elevar betre tilgang til skulebiblioteket, og dei les meir enn før. Elevane får også større eigarskap til biblioteket, og dei blir betre kjende med korleis eit bibliotek kan brukast som læringsarena, mellom anna gjennom auka elevmedverknad.

Venneslabrua – frå ungdomstid til arbeidsliv

Det blei gitt 2,5 mill. kroner til Agder fylkeskommune til prosjektet Venneslabrua – frå ungdomstid til arbeidsliv, som blir gjennomført i perioden 2019–23.

Tiltak for betre opplæring i realfag

I 2022 var det seks talentsenter for elevar med stort læringspotensial i matematikk, naturfag og teknologi. Talentsentera er lagde til seks av vitensentera.

Matematikksenteret arrangerte ei nettverkssamling hausten 2022 for kompetansemiljø som arbeider med matematikkvanskar. Samlinga er eit tiltak for å bygge opp eit sterkt kompetansemiljø om matematikkvanskar i Noreg.

Tiltak for minoritetsspråklege elevar og nasjonale minoritetar

3,1 mill. kroner blei nytta til stipend for minoritetsspråklege lærarar og rettleiing innanfor minoritetsfeltet.

Det blei nytta 1,4 mill. kroner til utvikling av læremiddel i kvensk eller finsk som andrespråk og til kompetansehevingstiltak for lærarar i faget i regi av Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. 1,1 mill. kroner blei nytta til nasjonale minoritetar, midlar som mellom anna gjekk til utvikling av digitale læringsressursar på digilær.no i kvensk eller finsk som andrespråk, og til motivasjonsfilmar for å få fleire elevar til å velje faget og til å halde fram med opplæring i språka. Midlane vart òg nytta til eit førskuletilbod for barn med romsk bakgrunn i regi av Språksenteret i Oslo kommune. I tillegg blei det nytta 2,0 mill. kroner til tiltak i grunnskuleopplæringa for romar i Lørenskog.

9 mill. kroner gjekk til Fleksibel opplæring. Tilbodet blei gitt av Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) ved OsloMet. NAFO leverer nettbasert tospråkleg fagopplæring i matematikk og naturfag på 8.–10. trinn på arabisk, somali og tigrinja. Målgruppa er ungdomsskuleelevar, elevar i innføringstilbod i vidaregåande opplæring, kombinasjonsklassar og vaksenopplæringa. Begynnaropplæring i engelsk med støtte på arabisk blei prøvd ut i utvalde skular frå skulestart 2021, og fire skular deltok. Begynnaropplæring i engelsk med støtte på morsmålet blei pilotert skuleåret 2022–23, og om lag 20 elevar deltok. Frå hausten 2023 blir grunnleggande engelsk eit fast tilbod på arabisk, somali og tigrinja.

Styrkt tilbod for ukrainske barn, unge og vaksne

På grunn av krigen i Ukraina og mange nykomne barn og unge i Noreg, fekk Nasjonalt senter for fleirkulturell opplæring (NAFO) ved OsloMet 10 mill. kroner i tilleggsproposisjon Prop. 78 S (2021–2022) for å tilpasse og styrke tilbodet til ukrainske barn, unge og vaksne. Midlane gjekk mellom anna å utvide Fleksibel opplæring og utvikle digitale ressursar på ukrainsk (og russisk der det manglar). NAFO har tilsett tospråklege ukrainske lærarar og utvikla tospråkleg opplæring i grunnleggande norsk på ukrainsk. Så langt har 450 elevar fått bruke tilbodet, som blir gitt frå 5. trinn til vidaregåande opplæring. NAFO har også vidareutvikla morsmål.no, skolekassa.no og Bildetema slik at desse ressursane no finst både på ukrainsk og på russisk. Dei jobbar òg med å utvikle LEXIN ordbok på ukrainsk, og held webinar og fagdagar for barnehagelærarar, lærarar, skuleleiarar og skuleeigarar om temaet mottak og opplæring av nykomne.

Digilær.no – nasjonal plattform for nettbasert undervisning

8,4 mill. kroner gjekk til å utvikle og drifte digilær.no. I 2022 blei mykje arbeid lagt ned i å oppgradere plattform, server, operativsystem, databasar og applikasjonar. Oppgraderinga fører til betre tryggleik, enklare vedlikehald og betre kvalitet i dei følgande åra.

Gjennom digilær.no blei det i 2022 gitt tilbod i følgande fag av ulike fagmiljø:

  • Tospråkleg opplæring i grunnleggande norsk på ukrainsk

  • Begynnaropplæring engelsk for arabisktalande

  • Tospråkleg fagopplæring i naturfag og matematikk (tigrinja, arabisk, somali)

  • Forsering i matematikk 1T

  • Pilotar i kvensk, finsk, sørsamisk og lulesamisk

Desse tilboda er utvikla og etablerte innanfor fagområda der skuleeigaren ikkje klarer å gi denne opplæringa lokalt.

Midlane inkluderer forsering i matematikk 1T, der læringsinnhaldet er oppdatert i samsvar med teknologiutviklinga. Elevtalet var om lag 300, og undervisninga blei levert av dei fylkeskommunale nettskulane, Nettskulen i Nordland og Nettskulen Vestfold.

Samisk fjernundervisning og opptakssystemet for samisk vidaregåande opplæring

Til samisk fjernundervisning blei det til saman nytta 6,5 mill. kroner:

  • 2,1 mill. kroner til fjernundervisning i sørsamisk

  • 1,6 mill. kroner til fjernundervisning i lulesamisk

  • 1,5 mill. kroner til fjernundervisning i nordsamisk

1,8 mill. kroner blei nytta til å oppgradere systemet for opptak til dei samiske vidaregåande skulane, slik at dette er samkøyrt med opptaket i Troms og Finnmark fylkeskommune. I tillegg blei det nytta noko midlar til digital teknologi og støttefunksjonar i fylkeskommunen.

Lektor 2 for realfag

Lektor 2 for realfag skal bidra til at skular og næringsliv knyter tettare band, og at næringslivets kompetanse kan nyttast i opplæringa. Lektor 2 for realfag skal òg bidra til auka relevans i opplæringa og auka rekruttering til realfaga. I skuleåret 2022–23 deltok 167 skular, og av dei deltok 42 for første gong. 100 ungdomsskular og 65 vidaregåande skular deltok, i tillegg til to barneskular finansierte av Olje- og energidepartementet. Frå 2023 er det sett i verk ei gradvis avvikling av tiltaket.

Produksjonsskular

Tilskotet blei utbetalt til Vestland fylkeskommune og gjekk til produksjonsskulane i fylket.

Andre tiltak

I 2022 blei det brukt 113,5 mill. kroner til andre tiltak som støttar opp under målet for posten, jf. tabell 4.13.

Tabell 4.13 Andre tiltak finansierte over løyvinga på kap. 226, post 21

(i mill. kr)

Tiltak

Rekneskap 2022

Auka bemanning på skular i område med levekårsutfordringar

15,0

Samiske læremidler og fagfornyelsen

15,0

Ny tilbodsstruktur i fagopplæringa

3,8

Kvite bussar og aktive fredsreiser

4,0

Tilskot til Stiftelsen Lenken

2,0

Tilskot til Stiftelsen 10. august

4,0

Tilskot til Eidsvoll 1814 – demokratinettstaden Min Stemme

1,0

Universitetet i Oslo – arrangering av OL i matematikk

16,7

Tilskot til støttegruppa etter 22. juli

2,5

Diverse tiltak (forvaltning av tiltak, utvalsarbeid m.m.)

49,5

Totalt

113,5

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 1,3 mrd. kroner på posten til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i grunnopplæringa.

Departementet foreslår følgande flyttingar av midlar til og frå posten:

  • 12,3 mill. kroner frå posten til kap. 226, post 71 til ordninga med talentsenter for realfag. Sjå omtalen av vidareutvikling av ordninga under denne posten

  • 10 mill. kroner til forsking på digitalisering til posten frå kap. 201, post 21

  • 1 mill. kroner til Min Stemme / Eidsvoll 1814 frå posten til kap. 328, post 70 under Kultur- og likestillingsdepartementet

  • 1,52 mill. kroner frå posten til kap. 1620, post 01 under Finansdepartementet for finansiering av offisiell statistikk i SSB i samband med nytt statistikkprogram

  • 1,4 mill. kroner frå posten til kap. 846, post 21 under Barne- og familiedepartementet for delfinansiering av digiung.no og ung.no

  • 0,75 mill. kroner frå posten til kap. 200, post 01 som følge av auka oppgåver knytt til tryggleik og beredskap i departementet.

Departementet foreslår at fleire tiltak på posten blir fasa ut frå 2024. Det gjeld:

  • 25 mill. kroner på grunn av avviklinga av lærarspesialistordninga

  • 36,3 mill. kroner som følge av at tilskotsordninga med gratis SFO for barn i låginntektsfamiliar vart avvikla frå hausten 2023. Det er innført ei nasjonal ordning med 12 timar gratis SFO for alle på 1. og 2. trinn og ei eiga moderasjonsordning for barn i låginntektsfamiliar

Nedanfor følger omtale av større tiltak og viktige prioriteringar og endringar innanfor løyvingsforslaget. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 10 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Tabell 4.14 Budsjettforslag for 2024, kap. 226, post 21

(i mill. kr)

Type tiltak

Kort om tiltaket

Beløp

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling

Utdanningsdirektoratet forvaltar ordninga og samarbeider tett med statsforvaltarembeta i alle fylke om vidareutvikling av praksis knytt til ordninga.

260

Kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis i barnehage, skule, PPT og eventuelt andre tenester

Arbeidet blei starta i 2020, og ordninga er gradvis styrkt kvart år. 160 mill. kroner i 2024 svarer til ei styrking på 10 mill. kroner frå 2023. Målet er å bygge kompetanse, både hos PP-tenesta, hos tilsette i barnehagar og skular og i heile støttesystemet i laget rundt barna og elevane.

160

Tilskotsordning for utstyr og læringsarenaer på 5.–10.trinn

Midlane skal gå til ei tilskotsordning for utstyr og læringsarenaer, for meir praktisk, variert og relevant læring i skulen.

127

Yrkesfaglærarløftet

Dette omfattar yrkesfaglærar 2-ordninga. Forslaget er ein auke på 10 mill. kroner frå 2023.

120

Handhevingsordninga i skulemiljøsaker

Midlane skal medverke til å nå målet om ei effektiv og rettssikker ordning.

Løyvinga er auka med 10 mill. kr, både for å styrke det forebyggande arbeidet embeta gjer for å støtte og rettleie skulane og kommunane med å utvikle trygge skulemiljø, og for å få ned tida for saksbehandlinga i skulemiljøsaker.

55

Betre læringsmiljø

Dette omfattar ulike tiltak for å sikre eit betre læringsmiljø, herunder læringsmiljøprosjektet, ordninga med fylkesvise mobbeombod for barnehagar og skular, partnarskap mot mobbing m.m.

Løyvinga er styrka med 25 mill. kroner. Midla skal gå til ein pakke som skal bidra til auka kompetanse i sektoren, slik at fleire elevar får eit trygt og godt skulemiljø og mobbetala går ned.

53,2

Strategi for digital kompetanse og infrastruktur i barnehage og skule

Løyvinga er auka med 34 mill. kroner. Av desse skal 15 mill. kroner gå til å utgreie og etablere felles støttetenester for å betre regelverksetterlevinga, og 10 mill. kroner skal gå til å utvikle dei digitale fellesløysingane i skulesektoren. I tillegg skal 5 mill. kroner gå til å styrke kunnskapsgrunnlaget gjennom å etablere eit koordinert forskingsprogram. 4 mill. kroner vil gå til risikoreduserande tiltak i eksamensgjennomføringa. Sjå også omtale under kap. 220, post 70 og kap. 220, post 01.

79

Eksamen og vurdering

Tildelinga til tiltaka er auka med 15 mill. kroner. Midla skal gå til å trygge eksamensgjennomføringa og vareta vidare utvikling av feltet.

35

Oppfølgingsordninga

Kommunar som er med i ordninga, får støtte og rettleiing, tilpassa dei lokale utfordringane. Eit nytt opptak til ordninga er utsett til 2025 i påvente av oppfølginga av NOU 2022: 13, noko som fører til ei nedskalering samanlikna med 2023.

34

Tilskotsordning skulebibliotek og lesestimulering

Ordninga blir styrkt med 5 mill. kroner i 2024. Styrkinga skal særleg rettast mot levekårsutsette område.

30

Tiltak for leseferdigheiter og lesemotivasjon

Midlane skal bidra til å auke leseferdigheiter og lesemotivasjon blant barn og unge.

17,5

Tiltak for å gi betre bemanning og høgare kompetanse i barnehage og skule for å kunne ta hand om nykomne barn, unge og vaksne

Dette er ei vidareføring av midlar tildelte i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2023 og inkluderer mellom anna vidareutdanningstilbod og utviding av fleksibel opplæring.

20,9

Auka bemanning på skular i levekårsutsette område

Dette vidarefører ordninga som blei oppretta ved behandlinga av revidert nasjonal budsjett for 2022.

15

Dembra

Tiltaket blir koordinert av Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret), som mottek desse midlane.

14,5

Digilær.no – nasjonal plattform for nettbasert undervisning

Midlane går til drift og utvikling av digilær.no.

12,5

Samisk fjernundervisning og samiske læremiddel

Dette inkluderer 5 mill. kroner til samisk fjernundervisning som blir tildelt Udir, og 6 mill. kroner til samiske læremiddel i fagfornyinga som blir tildelt Sametinget. I tillegg er det sett av 3 mill. kroner til eit prosjekt som skal forbetre kvaliteten på fjernundervisninga.

14

Symjeopplæring

10 mill. kroner er tilskot til symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar. 1 mill. kroner går til å støtte symjeopplæring for elevar i grunnskulen, mellom anna nettsida svømmedyktig.no og ferdigheitsprøva i symjing.

11

Auka kompetanse hos tilsette i SFO

Løyvinga skal bidra til betre implementering av ny rammeplan for SFO og til at kompetansen blant dei tilsette ved SFO blir styrkt.

10

Områdesatsing i Groruddalen og Oslo sør

Midlane skal gå til prosjekt innanfor barnehage og skule i områdesatsingane i Groruddalen (10 mill. kroner) og Oslo sør (0,5 mill. kroner). Målet med områdesatsingane, som er eit samarbeid mellom stat og kommune, er å betre miljø, butilhøve og levekår.

10,5

Fleksibel opplæring

Tilbodet gir opplæring over nettbaserte løysingar for minoritetsspråklege elevar med rett til tospråkleg fagopplæring.

9

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i barnehage og skule

Løyvinga går til universitet og høgskular etter søknad. Ho må sjåast i samanheng med midlar løyvde over kap. 231, post 21.

7,5

Sikre tilbod om små og spesialiserte utdanningar innan spesialpedagogikk

Dette er ei videreføring av midlar tildelte i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett for 2023. Midlane blir tildelt NTNU og skal gå til å videreføre og vidareutvikle tilbodet i erfaringsbasert master i syns- og audiopedagogikk.

5

Lektor 2-ordninga i realfag

Departementet foreslår ei gradvis avvikling av ordninga. Løyvinga blir derfor redusert med 5 mill. kroner i 2024.

2

Tilskot til læringstilbod om 22. juli

Wergelandsenteret er mottakar av tilskotet. Tilbodet er utvikla av 22. juli-senteret, Utøya AS og Wergelandsenteret. Det blir foreslått å auke tilskotet med 1,5 mill. kroner slik at fleire elevar og lærarar kan delta på tilbodet enn i dag.

6,5

Tilskot til støttegruppa etter 22. juli

Støttegruppa blei oppretta etter terrorangrepa i 2011 og jobbar for å fremje interessene til dei som blei ramma av terrorangrepa. Gruppa deltek òg i ei rekke forum med norske styresmakter og internasjonale aktørar. Tilskotet skal bidra til å styrke støttegruppa.

4,5

Tilskot til Stiftelsen 10. august

Tilskotet går til eit minne- og kunnskapssenter der skuleelevar, studentar og andre besøkande kan lære om terrorangrepet på Al-Noor Islamic Center i 2019 og hat og terror mot muslimar.

4,0

Gjennomgang av fag- og timefordelinga i vidaregåande opplæring

Departementet vil setje av midlar til arbeidet i Utdanningsdirektoratet med å gå gjennom fag- og timefordelinga i vidaregåande opplæring.

4

Tiltak retta mot nasjonale minoritetar

Arbeidet med å utvikle læremiddel i kvensk og finsk er styrkt med 4 mill. kroner. Løyvinga inkluderer også 2 mill. kroner til grunnskuleopplæring for romar i Lørenskog kommune.

8

Tilskot til Stiftelsen Lenken

Tilskotet skal støtte opp under arbeidet til stiftinga.

2

EU Kids Online

Det er sett av 0,5 mill. kroner på posten til UiO for gjennomføringa av den internasjonale EU Kids Online-undersøkinga i Noreg i 2024.

Barne- og familiedepartementet tildeler 2 mill. kroner til same formål over sitt budsjett. Totalt er tildelinga til UiO til dette formålet 2,5 mill. kroner i 2024.

0,5

Anna

Departementet vil setje av om lag 110 mill. kroner på posten til arbeid med brukarundersøkingar, statistikk, forsking, evaluering og deltaking i internasjonale undersøkingar. Løyvinga dekker òg drift av nokre tidsavgrensa prosjekt, tiltak for å følge opp fagfornyinga, ny opplæringslov og utgifter til offentlege utval og ekspertutval som departementet har sett ned.

176,5

Totalt

1 308,6

Post 22 Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar

Løyvinga finansierer satsinga på vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar, jf. Kompetanse for kvalitet – strategi for videreutdanning for lærere og skoleledere frem mot 2025 og revideringa av strategien i 2023.

Løyvinga finansierer også rektorutdanning og modulbasert vidareutdanning for skuleleiarar. For tilsette i skulen som manglar lærarutdanning, er det stipendordningar for toårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag (PPU-Y) og treårig yrkesfaglærarutdanning (YFL). Staten har også finansiert stipendmidlar for at skuleeigarar kan rekruttere personar utanfrå som ønsker å ta ei yrkesfaglærarutdanning for å jobbe i skulen, og stipendordning for minoritetsspråklege lærarar. I tillegg finansierer løyvinga tiltak for å betre rekrutteringa til lærarutdanningane og læraryrket i barnehage og skule.

Mål for 2024

Vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar, kvalifisering og rekruttering av lærarar skal bidra til god fagleg og pedagogisk kvalitet i grunnopplæringa. Dette skal føre til at elevane lærer meir.

Resultat i 2022

Vidareutdanning for lærarar

I 2022 blei det brukt 1,4 mrd. kroner til vidareutdanning for lærarar gjennom strategien Kompetanse for kvalitet. I skuleåret 2022–23 blei det gitt tilbod om vidareutdanning til over 5 600 lærarar, inkludert rettleiarutdanning. Det var ein nedgang i talet på lærarar som søkte og fekk tilbod om vidareutdanning i matematikk, engelsk og norsk, men det er framleis i desse faga flest lærarar får tilbod om vidareutdanning. Det var ein auke i talet på lærarar som fekk tilbod om vidareutdanning i spesialpedagogikk og i dei praktiske og estetiske faga.

Ei deltakarundersøking i 2022 viser at lærarar som har teke vidareutdanning, meiner at vidareutdanninga er relevant, har god kvalitet og bidreg til auka refleksjon og engasjement, fagleg utbyte og endringar i undervisninga.

Rektorutdanninga og vidareutdanning for skuleleiarar

82,4 mill. kroner gjekk til rektorutdanninga og modulbasert vidareutdanning for skuleleiarar. I 2022 begynte 475 på rektorutdanninga og 434 på den modulbaserte vidareutdanninga for skuleleiarar, ei endring frå høvesvis 451 og 521 i 2021. Evalueringa av rektorutdanninga viser at deltakarane er svært nøgde med tilbodet. Dei opplever at utdanninga er relevant og har gitt stort læringsutbyte.

Tiltak for å rekruttere til lærarutdanningane og læraryrket

I 2022 gjekk 80 mill. kroner til kompetansetiltak for ikkje-kvalifisert undervisningspersonell. Det blei utbetalt 503 nye stipend til personar for studium på PPU, PPU-Y, YFL, studium for minoritetsspråklege lærarar og studium for å fullføre lærarutdanninga. Av desse gjekk 91 stipend til å rekruttere personar utanfor skulen. Den andre halvparten av stipenda blei utbetalte til deltakarane i 2019 og 2020 etter fullførte studium.

I 2022 gjekk 6 mill. kroner til Høgskulen på Vestlandet (HVL) for å finansiere eit nasjonalt rekrutteringsprosjekt til lærarutdanningane og læraryrket i barnehage og skule, særleg retta mot å stimulere til auka mangfald og kjønnsbalanse. Prosjektet har ei kunnskapsbasert tilnærming og jobbar breitt med rekruttering. I 2022 henta prosjektet inn kunnskap om rekruttering til lærarutdanningane og om statusen til læraryrket. I alt er prosjektet finansiert med 22 mill. kroner over fire år. Regjeringa styrka òg forsøksordninga for at dei med påbegynt fireårig lærarutdanning kan fullføre utdanninga, med 4 mill. kroner.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 1,6 mrd. kroner på posten.

Løyvinga finansierer mellom anna vidareutdanningsplassar våren 2024 og gir rom for å tilby vidareutdanning til om lag 5 400 lærarar hausten 2024 innanfor ordninga Kompetanse for kvalitet. I 2024 er engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk prioriterte fag i vidareutdanningsordninga. I tillegg vil søknader frå tidlegare Finnmark fylke og søknader frå kommunar i oppfølgingsordninga bli prioriterte. Det er vidare sett av eigne pottar til spesialpedagogikk og praktiske og estetiske fag.

Det er behov for fleire kvalifiserte lærarar i barnehagar og skular. 10 mill. kroner over posten skal gå til auka rekruttering til lærarutdanningane og læraryrket. Regjeringa vil styrke det nasjonale rekrutteringsarbeidet som blir koordinert av Høgskulen på Vestlandet og utført i samarbeid med barnehage- og skuleeigarar, universitet og høgskular, partane i sektoren og studentar. Dette er eit fleirårig og målretta arbeid med nasjonale og regionale tiltak for å få fleire lærarar i barnehage og skule over heile landet.

Som følge av at lærarspesialistordninga blir avvikla, foreslår departementet å redusere løyvinga på posten med 16 mill. kroner.

Som følge av dei stipendordningane som blir finansierte av løyvinga på posten, der delar av stipendet først blir utbetalte når vidareutdanninga er fullført, er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 280 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga har finansiert innkjøp av eit nytt digitalt system for gjennomføring av prøvar og eksamenar. Målet med løyvinga var å gi elevane og eksamenskandidatane ei intuitiv og brukarvennleg teneste der dei kan få vist eigen kompetanse på fleire måtar enn i dag. Tenesta skal vareta nye krav til universell utforming. Satsinga gjaldt først for treårsperioden 2019–21. Men på grunn av avlyst eleveksamen blir prosjektet avslutta først i 2023.

Det blir ikkje løyvd midlar på denne posten i 2024.

Resultat i 2022

Hovudprosjektet for å kjøpe inn og ta i bruk eit nytt digitalt system blei starta opp i 2019. Smitteverntiltak som følge av covid-19-pandemien har resultert i avlysing av eksamen og at skular og skuleeigarar ikkje har vore tilgjengelege for brukartest. Prosjektet blei derfor forseinka.

Post 61 Tilskotsordning til rettleiing for nyutdanna nytilsette lærarar

Målgruppa for tilskotet er nyutdanna nytilsette lærarar i grunnskulen. Kommunar og private skular som gir rettleiing til nyutdanna nytilsette lærarar i grunnskulen, kan søke om tilskot til å planlegge og gjennomføre sjølve rettleiinga. Tilskotet skal brukast til direkte kostnader til rettleiinga.

Mål for 2024

Målet med løyvinga er både å bidra til at skuleeigarane følger opp ansvaret sitt for å ha rettleiingsordningar lokalt, og å styrke rettleiinga til den einskilde nyutdanna nytilsette læraren. Målet med rettleiinga er at fleire nyutdanna nytilsette lærarar får ein god overgang frå utdanninga til yrket, og at dei blir verande i skulen.

Resultat i 2022

I 2022 blei det innvilga 268 søknader, mot 238 i 2021. Dette omfatta 2 828 nyutdanna nytilsette lærarar i 209 kommunar og 59 private skular. Satsen per lærar i 2022 blei 21 734 kroner.

Tabell 4.15 Innvilga søknader om tilskot til rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i perioden 2021–22

2021

2022

Sats per lærar

27 077

21 734

Innvilga søknader

  • Kommunar

  • Private skular

238

186

52

268

209

59

Talet på lærarar med tilskot

  • Kommunale skular

  • Private skular

2 259

2 151

108

2 828

2 704

124

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 67,7 mill. kroner på posten.

Post 64 Programfinansiering av 0–24-samarbeidet

Posten blei oppretta i 2020 for å finansiere eit treårig pilotforsøk i perioden 2020–22. På grunn av covid-19-pandemien blei forsøket forseinka og forlengt til og med juni 2023. Tolv kommunar var med i piloten, dei ligg i Trøndelag, Innlandet og Vestfold og Telemark. Arbeids- og sosialdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet og Kunnskapsdepartementet bidrog med midlar som blei rammeoverførte til posten i 2020. I 2023 var det inga løyving på denne posten, og for 2024 er det berre rapportering for løyvinga i 2022 som er med.

Resultat i 2022

41,6 mill. kroner blei utbetalt til pilotkommunane i 2022. Tiltaka som kommunane testa ut i prosjektperioden, har blitt evaluerte av ulike kompetansemiljø. Den overordna evalueringa av programfinansiering som verkemiddel blei gjord av Oxford Research, og sluttrapporten kom i april 2023.

Post 71 Tilskot til vitensenter

Eit vitensenter er eit lærings- og opplevingssenter for teknologi, naturvitskap og matematikk der besøkande lærer ved å eksperimentere. Vitensentera er eit viktig verkemiddel for auka kunnskap i teknologi og realfag og bidreg til å skape interesse for og rekruttering til eit kompetanseområde Noreg treng. Sentera fungerer som ei støtte og gir verktøy til skulane og lærarane i opplæringa. Tilbodet er basert på læreplanar i realfag. Hausten 2023 er det 13 vitensenter i Vitensenterprogrammet i Forskingsrådet:

  • Jærmuseet – Rogaland

  • Nordnorsk vitensenter – Tromsø

  • Vitensenteret i Oslo v/Norsk Teknisk Museum

  • Vilvite – Bergen

  • Vitenlaben – Grenland

  • Vitensenteret i Trondheim

  • Vitensenteret Innlandet – Gjøvik

  • Inspiria Science Center – Østfold

  • Sørlandet vitensenter – Arendal og Kristiansand

  • Vitenparken Campus Ås

  • Atlanterhavsparken – Ålesund

  • Vitensenter Nordland – Mo i Rana

  • ViteMeir – Kaupanger

Vitensenter som vil vere ein del av tilskotsordninga må søke Forskingsrådet og dokumentere at dei oppfyller gitte kriterium. Forskingsrådet vurderer dette og gir ei tilråding til departementet.

Mål for 2024

Målet med tilskotet er å auke interessa for teknologi og realfag.

Resultat i 2022

I 2022 fekk 13 regionale vitensenter midlar frå denne posten. Sentera hadde betydeleg fleire besøkande i 2022 enn i 2021. Vitensentra leverte i 2022 undervisning til om lag 239 000 elevar og lærarar. Dette er 45 000 fleire enn året før. Ifølge lærarane er vitensentera eit viktig supplement til undervisninga i realfag.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 115,6 mill. kroner på posten.

Departementet vil legge om ordninga med talentsenter i realfag. Tilbodet skal ha som formål å auke motivasjon og meistring i realfag for ei breiare elevgruppe enn i dag. Målgruppa for tilbodet skal dreiast frå å vere einskildelevar til å gjelde heile elevgrupper. Ordninga er i dag lagd til seks vitensenter. Forvaltninga av ordninga skal overførast frå Utdanningsdirektoratet til Noregs forskingsråd. Departementet foreslår å auke løyvinga med 12,3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon under kap. 226, post 21, slik at midlane til ordninga blir flytta. Departementet foreslår vidare å auke løyvinga med 5 mill. kroner for å styrke ordninga. Innanfor løyvinga vil det bli gitt eit tilskot på 0,3 mill. kroner til Vitensenterforeningen.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 2,1 mill. kroner for å frigjere midlar til andre formål.

Fordelinga av tilskotet til vitensentera blir vedteke av styret i Vitensenterprogrammet. Styret blir oppnemnt av Noregs forskingsråd. I styret sit mellom anna representantar frå akademia og næringslivet.

Kap. 227 Tilskot til særskilde skular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

63

Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

43 433

41 808

44 569

78

Tilskot

186 434

180 469

199 609

Sum kap. 227

229 867

222 277

244 178

Post 63 blir nytta når midlane går til kommunar og fylkeskommunar, medan post 78 blir nytta til tilskot til andre mottakarar.

Post 63 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar

Mål for 2024

Målet med løyvinga er å støtte tilbod som ikkje har lovheimla rett til tilskot, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skulane dekker viktige behov.

Tilskot til vaksenopplæring i Sandefjord kommune

Stiftelsen Signo har ein institusjon og ein skule for døvblinde og personar med høyrselshemmingar i kombinasjon med funksjonsnedsetjingar. Verksemda ligg i Sandefjord kommune. Sandefjord kommune er etter opplæringslova ansvarleg for å finansiere vaksenopplæring. Tilskotet skal bidra til å dekke meirutgifter Sandefjord kommune har som følge av ansvaret for å gi vaksenopplæring til bebuarar ved Stiftelsen Signo.

Tilskot til Fjellheimen leirskule

Tilskotsmottakar er Engerdal kommune, og tilskotet skal nyttast til å drifte Fjellheimen leirskule. Fjellheimen leirskule er ein leirskule for barn, unge og vaksne med psykisk utviklingshemming eller lærevanskar. Leirskulen finansierer drifta med statstilskot, betaling frå elevane/deltakarane og bidrag frå Engerdal kommune, som eig og driv Fjellheimen leirskule.

Tilskot til dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

Tilskotet finansierer drift av dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv med tilhøyrande internat. Skulen i Snåsa gir opplæring på sørsamisk, medan skulen i Målselv gir opplæring på nordsamisk. Skulane tek opp elevar frå heile landet. Tilskotet skal også bidra til å dekke utgifter til skuleskyss for elevar ved den kommunale sameskulen i Målselv.

Resultat i 2022

Tilskot til Norsk-russisk videregående skole i Murmansk

Skulen stansa drifta etter at Russland gjekk til åtak på Ukraina i 2022. Det var derfor ingen norske elevar som tok vg3 ved skulen hausten 2022. Dei norske elevane som gjekk på skulen skuleåret 2021–22, fekk tilbod om å avslutte skuleåret ved Kongsbakken videregående skole i Tromsø.

Tilskot til vaksenopplæring i Sandefjord kommune

Tilskotet kommunen fekk i 2022, gjekk til kjøp av vaksenopplæringstenester frå Stiftelsen Signo. Det var 35 elevar som fekk opplæring i 2022.

Tilskot til Fjellheimen leirskule

Skulen kan ta inn opptil 1 000 deltakarar kvart år. I 2022 var det 782 deltakarar. Dette er ein nedgang samanlikna med året før, då 860 personar fekk eit opphald ved skulen. I vårsemesteret hadde skulen 69 avbestillingar, av desse var 51 på grunn av covid-19-pandemien.

Tilskot til dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

Sameskulen i Snåsa hadde 11 elevar hausten 2022, mot 10 elevar året før. Talet på elevar har falle dei siste åra. Sameskulen i Målselv hadde 18 elevar hausten 2022, mot 20 elevar året før. I tillegg fekk 18 elevar fjernundervisning, som er om lag på same nivå som i 2021.

Tilskot til skuleskyss for elevar ved dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

For 2022 er det utbetalt 0,7 mill. kroner til Målselv kommune for utgifter til skuleskyss for elevar ved sameskulen.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 44,6 mill. kroner på posten. Tabellen under viser fordelinga av løyvinga. Tilskotet til skuleskyss til den kommunale sameskulen i Målselv inngår i tilskotet til drifta av skulen.

Tabell 4.16 Fordeling av tilskot på kap. 227, post 63

(i 1 000 kr)

Tilskotsmottakar

Tilskot 2024

Vaksenopplæring i Sandefjord kommune

6 093

Fjellheimen leirskule

7 460

Dei kommunale sameskulane i Snåsa og Målselv

31 016

Sum

44 569

Post 78 Tilskot

Mål for 2024

Målet med løyvinga er å støtte private tilbod som ikkje har lovheimla rett til tilskot, men som departementet likevel ønsker å støtte fordi verksemda ved skulane dekker viktige behov.

Tilskot til Den franske skolen i Oslo

Samarbeidet mellom Noreg og Frankrike på utdanningsområdet går tilbake til 1918 og er nedfelt i ein tosidig avtale. Avtalen inneber at Noreg gir eit årleg tilskot til Den franske skolen i Oslo, mot at Frankrike legg til rette for opplæring av lærlingar frå Noreg i Frankrike. Den franske skolen i Oslo har elevar frå Frankrike og Noreg i tillegg til elevar med bakgrunn frå mange andre land. Tilskotet skal styrke samarbeidet med Frankrike og stillinga til det franske språket i Noreg.

I revidert budsjett for 2023 har departementet omtala dei økonomiske utfordringane som skulen vil få som følge av auka husleige frå skuleåret 2025–26, jf. Prop. 118 S (2022–2023). Departementet tek sikte på å auke tilskotet til skulen med 10 mill. kroner frå skuleåret 2025–26. I dialog med skulen vil departementet setje vilkår for kor mange elevar skulen kan ha.

Tilskot til internatdrifta ved Krokeide videregående skole og Feiring videregående skole

Krokeide videregående skole AS og Feiring videregående skole AS er godkjende etter privatskulelova § 2-1 bokstav f for å tilby særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma elevar. Skulane gir eit landsdekkande tilbod. Tilskotet skal bidra til drifta av internata og det sosialmedisinske hjelpeapparatet ved skulane, slik at skulane kan tilby yrkesretta vidaregåande opplæring for personar med fysiske eller psykiske utfordringar.

Tilskot til Røde Kors Nordisk United World College

United World Colleges (UWC) er ein internasjonal organisasjon som arbeider for å fremje fred og forståing gjennom utdanning. Det er i alt 18 UWC-skular i 18 land. Tilskotet går til Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler i Vestland (RKNUWC). Skulen fører elevane fram til ein International Baccalaureate-eksamen (IB-eksamen).

Tilskot til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

Målgruppene til Signo grunn- og videregående skole er døvblinde og elevar med høyrselshemming og ulike funksjonsnedsetjingar. Målgruppa til Briskeby videregående skole er elevar med nedsett høyrsel. Tilskotet skal bidra til at skulane kan halde fram med drifta på om lag same nivå som før dei blei godkjende etter privatskulelova § 2-1 bokstav f for å tilby særskilt tilrettelagd opplæring for funksjonshemma elevar. Tilskotet skal òg bidra til å dekke heimreisekostnader for elevane ved skulane og drift av internatet ved Signo grunn- og videregående skole.

Tilskot til opplæring i rusinstitusjonar

Tilskotet skal finansiere opplæringstilbodet som rusinstitusjonane Tyrilistiftelsen og Stiftelsen Fossumkollektivet har i Viken og Innlandet. Tilskotet skal dekke kostnader til opplæring som ligg utanfor ramma av opplæringslova, og som derfor ikkje ligg under ansvaret til fylkeskommunane.

Tilskot til Lycée International de Saint-Germain- en-Laye

Tilskotet medverkar til at det blir gitt grunnskuleopplæring og vidaregåande opplæring til norske elevar ved den norske seksjonen ved Lycée International de Saint-Germain-en-Laye. Sett i høve til timetalet den norske seksjonen gir, er tilskotet til seksjonen vesentleg høgare per elev enn for privatskular i utlandet som er godkjende etter privatskulelova. Tilskotet til seksjonen er òg monaleg høgare enn støtta som dei andre nordiske landa gir til sine nasjonale seksjonar. Departementet vil derfor vurdere nivået på tilskotet fram mot 2025-budsjettet.

Resultat i 2022

Tilskot til Den franske skolen i Oslo

I skuleåret 2022–23 hadde Den franske skolen i Oslo 276 elevar på barnetrinnet, 190 elevar på ungdomstrinnet og 97 elevar i vidaregåande opplæring. Samla hadde skulen 563 elevar, mot 560 elevar i skuleåret 2021–22.

Tilskot til internatdrifta ved Krokeide videregående skole og Feiring videregående skole

Krokeide videregående skole hadde i 2022 104 elevar på internatet om våren og 102 elevar om hausten. I 2021 var det til samanlikning 97 elevar om våren og 116 elevar om hausten ved internatet. Skulen er godkjend for 220 elevar og har plass til drygt 115 elevar på internatet. Utnyttinga av kapasiteten på internatet er derfor god. Feiring videregående skole hadde i 2022 87 elevar på internatet om våren og 107 elevar om hausten. I 2021 var det til samanlikning 52 elevar om våren og 101 elevar om hausten. Skulen er under oppbygging og godkjend for 248 elevar.

Tilskot til Røde Kors Nordisk United World College

I skuleåret 2022–23 hadde skulen 204 elevar frå 89 land. 58 av elevane kom frå nordiske land. Elevtalet og fordelinga mellom regionane elevane kjem frå, har vore relativt stabile dei siste åra.

Tilskot til Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

Signo grunn- og videregående skole fekk våren 2022 tilskot for 20 elevar på grunnskulenivå og 10 heiltidselevar på vidaregåande nivå. Om hausten var det 17 elevar på grunnskulenivå og 14 heiltidselevar på vidaregåande nivå. Tilskotet til Briskeby videregående skole blei utbetalt for 39 heiltids- og 10 deltidselevar våren 2022 og 40 heiltids- og 10 deltidselevar om hausten. Elevtalet ved dei to skulane har vore relativt stabilt i dei siste åra og ligg på eit høgt nivå i høve til det elevtalet skulane er godkjende for.

Tilskot til opplæring i rusinstitusjonar

Fossumkollektivet hadde i 2022 til saman 82 elevar ved skuleavdelingane i Viken og 33 elevar ved dei to avdelingane i Innlandet. Ved dei to verksemdene Tyrilistiftelsen har i Innlandet, har 73 bebuarar hatt eit opplæringstilbod i regi av Frankmotunet, og 97 bebuarar har delteke på ulike skuletilbod i Lillehammer.

Tilskot til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

Hausten 2022 var det 25 elevar på barnetrinnet, 8 elevar på ungdomstrinnet og 15 elevar i vidaregåande skule som fekk opplæring i den norske seksjonen ved skulen.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 199,6 mill. kroner på posten. Tabellen under viser fordelinga av løyvinga.

Røde Kors Nordisk United World College i Fjaler står i ein økonomisk krevjande situasjon, mellom anna som følge av redusert tilskot frå Sverige. Departementet foreslår å auke tilskotet til skulen med 5 mill. kroner. Regjeringa vil ta kontakt med dei andre nordiske landa for å få dei til å auke sitt bidrag til drifta av skulen.

Ved stortingsbehandlinga av revidert budsjett for 2023 blei løyvinga auka med 2,6 mill. kroner for å vidareføre tilskotet til Lycée International de Saint-Germain-en-Laye for hausten 2023. Departementet vidarefører denne auken i løyvingsforslaget for 2024, jf. omtalen av dette tilskotet over.

Tabell 4.17 Fordeling av tilskot på kap. 227, post 78

(i 1 000 kr)

Tilskotsmottakar

Tilskot 2024

Den franske skolen i Oslo

35 731

Internatdrifta ved Krokeide videregående skole

30 408

Internatdrifta ved Feiring videregående skole

18 128

Røde Kors Nordisk United World College

42 568

Signo grunn- og videregående skole og Briskeby videregående skole

54 993

Opplæring i rusinstitusjonar

12 456

Lycée International de Saint-Germain-en-Laye

5 325

Sum

199 609

Kap. 228 Tilskot til private skular o.a.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Private grunnskular, overslagsløyving

3 348 534

3 515 056

3 818 469

71

Private vidaregåande skular, overslagsløyving

1 774 322

1 925 246

2 122 517

72

Diverse skular som gir yrkesretta opplæring, overslagsløyving

143 131

143 980

152 104

73

Private grunnskular i utlandet, overslagsløyving

125 438

122 571

153 664

74

Private vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving

15 804

17 638

23 054

75

Private skular for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

444 287

434 808

515 696

76

Andre private skular, overslagsløyving

60 326

62 182

67 320

77

Den tysk-norske skolen i Oslo, overslagsløyving

30 528

32 353

34 586

78

Kompletterande undervisning

24 278

24 869

26 517

79

Toppidrett

79 415

77 715

82 868

80

Distriktstilskot til private grunnskular

3 110

81

Elevutveksling til utlandet

1 196

2 199

2 345

82

Kapital- og husleigetilskot til private skular

70 487

72 619

77 433

83

Særtilskot til Møbelsnekkerskolen, Plus-skolen og Hjerleid Handverksskole

4 300

5 000

84

Redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga ved private skular

13 788

58 200

84 646

85

Kompensasjon for meirutgifter knytte til covid-19

70 000

Sum kap. 228

6 205 834

6 489 436

7 169 329

Løyvingane over kap. 228 går i hovudsak til tilskot til private skular som er godkjende etter privatskulelova. I tillegg blir det over dette kapittelet gitt tilskot til kompletterande undervisning, jf. privatskulelova § 6-4, Den tysk-norske skolen i Oslo og toppidrett.

Regjeringa har som mål å styrke den offentlege fellesskulen over heile landet og stoppe veksten i private skular. Ved lovendringar som tok til å gjelde 15. juni 2022, vart høvet til å få godkjent profilskular og private yrkesfagskular oppheva, jf. Prop. 98 L (2021–2022) og Innst. 404 L (2021–2022). I tillegg skifta lova namn frå friskulelova til privatskulelova, og namnet på godkjenningsgrunnlaget i § 2-1 andre ledd bokstav g vart endra til «vidaregåande opplæring i tradisjonshandverksfag».

Som ei vidare oppfølging av Hurdalsplattforma har Stortinget etter forslag frå regjeringa vedteke å ta inn ei føresegn i privatskulelova § 2-1 om at det ved behandlinga av søknader om godkjenning av nye skular og driftsendringar ved eksisterande skular, skal leggast vesentleg vekt på fråsegna frå vertskommunen eller vertsfylket. Stortinget har også vedteke forslag frå regjeringa om å endre privatskulelova slik at storleiken på statstilskotet og skulepengane til skular som er godkjende etter privatskulelova kap. 6A, skal bli fastsette i forskrift. Endringane tok til å gjelde 1. august 2023, jf. Prop. 80 L (2022–2023) og Innst. 342 L (2022–2023). Departementet har fastsett endringar i forskrift til privatskulelova kap. 6A som inneber at storleiken på statstilskotet blir endra frå 75 pst. til 65 pst. av tilskotsgrunnlaget, og at skulane kan ta inntil 35 pst. av tilskotsgrunnlaget i skulepengar. Desse forskriftsendringane tok til å gjelde 1. august 2023.

I budsjettet for 2023 blei einskilde særtilskot til private skular avvikla etter forslag frå regjeringa. Tiltaka får heilårseffekt i 2024 og er omtalte under den aktuelle posten.

Offentlege skular blir i hovudsak finansierte gjennom dei frie inntektene til kommunesektoren. Sidan elevar som går i private skular blir direkte finansierte gjennom tilskot frå staten, blir det gjort eit trekk i rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane tilsvarande 80 pst. av gjennomsnittskostnaden for kvar nye elev i privat skule (trekkordninga). Ordninga tek utgangspunkt i at 20 pst. av kostnaden for ein privatskuleelev ligg igjen i kommunen. Det er ei eiga ordning som deretter korrigerer rammetilskota til den einskilde kommunen og fylkeskommunen for elevar dei har i private skular, etter årleg fastsette satsar (korreksjonsordninga).

Elevtalsendringa frå skuleåret 2021–22 til 2022–23 gir eit trekk på 120 mill. kroner i rammetilskotet til kommunane og 38,3 mill. kroner i rammetilskotet til fylkeskommunane gjennom trekkordninga i 2024.

Departementet har i samband med arbeidet med ny tilskotsmodell for private grunnskular laga ei oppstilling for statens meirutgifter for elevar i private grunnskular i Noreg, jf. tabellen under. Private grunnskular i utlandet er ikkje med i oppstillinga. Det er ikkje laga ei tilsvarande oppstilling for vidaregåande opplæring.

Overslag 2024

Mrd. kroner

Tilskot til private grunnskular kap. 228, post 70 og tilskot til grunnskular under kap. 228, post 75

3,9

Akkumulert trekk frå rammetilskotet til kommunane

2,1

Statens meirutgifter til private grunnskular

1,8

Tabellen over viser at staten har ei meirutgift på 1,8 mrd. kroner for elevar i private grunnskular i 2024, samanlikna med om elevane hadde gått i offentleg skule. Denne meirutgifta kan i hovudsak forklarast med tre forhold:

  • Private grunnskular blir kompenserte for smådriftsulemper gjennom statstilskotet, medan makrotrekket i rammetilskotet til kommunane skjer etter ein nasjonal gjennomsnittssats. Privatskulane har i hovudsak færre elevar enn offentlege skular, og gjennomsnittleg tilskot til privatskulane blir derfor høgare enn trekksatsen til kommunane. I tillegg blir kommunesektoren trekt 80 pst. av trekksatsen, medan privatskulane mottek 85 pst. av tilskotsgrunnlaget.

  • Det har vore ein utrekningspraksis der kombinerte barne- og ungdomsskular er blitt kompenserte for smådriftsulemper to gonger, både for barnetrinnet og for ungdomstrinnet. Budsjetteffekten av denne praksisen er anslått til 548 mill. kroner i 2024.

  • Trekkordninga med eit makrotrekk i rammetilskotet vart innført i 2001. Ved innføringa vart kommunesektoren trekt for dei årlege endringane i talet på elevar. Dermed vart det ikkje gjort trekk for vel 9 000 elevar som allereie gjekk i private grunnskular i 2001. Budsjetteffekten av dette er rekna til om lag 1,1 mrd. kroner.

Mål for 2024

Målet med tilskotsordningane er å medverke til at det kan bli oppretta og drive privatskular etter privatskulelova.

Resultat i 2022

Tabellen under viser endringar i talet på elevar som gir rett på tilskot og private skular som fekk tilskot over post 70–76 frå skuleåret 2020–21 til skuleåret 2022–23. For grunnskulen gjeld tala frå elevteljinga 1. oktober. For vidaregåande skule viser tala gjennomsnittet av elevtalet frå elevteljingane 1. oktober og 1. april.

Tabell 4.18 Privatskular, tal på skular og elevar

Post

Skular

Elevar

Skuletype

2020–21

2021–22

2022–23

2020–21

2021–22

2022–23

70

Grunnskular

255

258

266

26 101

27 007

27 973

71

Vidaregåande skular

83

84

84

14 5371

14 9341

14 884

72

Diverse skular som gir yrkesretta opplæring

28

28

28

1 278

1 169

1 200

73

Grunnskular i utlandet

9

9

9

547

612

8332

74

Vidaregåande skular i utlandet

3

3

3

851

108

1342

75

Skular for funksjonshemma elevar

16

16

18

9571

1 0101

1 131

76

Andre private skular

1

2

2

135

175

178

Sum

395

400

410

43 640

45 015

46 333

1 Inkludert elevar tekne opp som følge av mellombels særregel om inntak i privatskular hausten 2020 og 2021.

2 Auken i talet på elevar ved skular i utlandet, heng saman med at det var færre elevar ved skulane under covid-19-pandemien.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Hausten 2022 gjekk 4,4 pst. av grunnskuleelevane i private skular, mot 4,3 pst. året før. Hausten 2022 gjekk 8,8 pst. av elevane i vidaregåande opplæring i private skular, mot 8,7 pst. året før. Dei siste ti åra har det vore ein auke i delen elevar i private grunnskular og i private vidaregåande skular. I skuleåret 2009–10 gjekk 2,4 pst. av elevane i grunnskulen og 6,4 pst. av elevane i vidaregåande opplæring i privatskular. Tala inkluderer alle elevar i private grunn- og vidaregåande skular i Noreg som er godkjende etter privatskulelova.

Post 70 Private grunnskular, overslagsløyving

Private grunnskular som er godkjende etter privatskulelova, får tilskot tilsvarande 85 pst. av tilskotssatsen.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 3,8 mrd. kroner på posten. I løyvinga inngår ein reduksjon på 49,1 mill. kroner som følge av første år med innfasing av ny tilskotsmodell.

Den statistiske berekningsmåten i tilskotsmodellen for private grunnskular har ikkje fungert sidan statsbudsjettet for 2020, jf. omtalen i tidlegare budsjettproposisjonar for Kunnskapsdepartementet. I statsbudsjettet for 2023 blei satsane rekna ut med utgangspunkt i satsane frå 2020, korrigert for endringar i tilskotsgrunnlaget frå 2018 til 2021. Kunnskapsdepartementet har arbeidd med ein ny tilskotsmodell for private grunnskular sidan 2021.

I tråd med innspel frå privatskuleorganisasjonane, er den nye tilskotsmodellen i hovudsak ei vidareføring av prinsippa i modellen som gjaldt fram til 2020. Det skal vere mogleg å drive privatskular over heile landet, og den nye modellen vil framleis gi god kompensasjon for smådriftsulemper.

I tillegg til endringane i tilskotsmodellen vil også utrekningspraksisen for private grunnskular bli endra. Det har lenge vore ein praksis der kombinerte barne- og ungdomsskular er blitt kompenserte for smådriftsulemper to gonger. Med endra utrekningspraksis blir kombinerte barne- og ungdomsskular berre kompensert for smådriftsulemper ein gong. Endra utrekningspraksis reduserer utgiftene over statsbudsjettet med 548 mill. kroner.

Ny tilskotsmodell og utrekningspraksis tek til å gjelde hausten 2024. Endringane vil bli fasa inn over fem år, slik at ny tilskotsmodell og utrekningspraksis er fullt innfasa frå hausten 2028. Overgangsordninga tek utgangspunkt i endringar mellom tilskotet skulen ville fått med dagens modell og utrekningspraksis, og det skulen får med ny modell.

Ny tilskotsmodell for private grunnskular er nærare omtalt i del III av proposisjonen, kap. 12.

Post 71 Private vidaregåande skular, overslagsløyving

Private vidaregåande skular som er godkjende etter privatskulelova, får tilskot tilsvarande 85 pst. av tilskotssatsen. Satsane for tilskot til private vidaregåande skular bygger på dei gjennomsnittlege utgiftene i den offentlege skulen to år tidlegare. Det blir rekna ut ein sats for kvart utdanningsprogram. For dei nye utdanningsprogramma som kom med ny tilbodsstruktur hausten 2020, vil departementet inntil vidare vidareføre satsane frå dei tilsvarande utdanningsprogramma i den gamle tilbodsstrukturen. Desse satsane blir prisjusterte inntil ein har grunnlag for å berekne nye satsar.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 2,1 mrd. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 0,7 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 202,9 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2023.

I statsbudsjettet for 2023 blei dei ulovfesta tilskota til Kongshaug Musikkgymnas, Oslo by steinerskole og Kristen VGS Vennesla avvikla frå hausten 2023. Endringa får heilårseffekt i 2024. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 6,3 mill. kroner.

Post 72 Diverse skular som gir yrkesretta opplæring, overslagsløyving

Med verknad frå 1. januar 2021 vart føresegnene i kapittel 4 i vaksenopplæringslova om diverse skular flytta frå vaksenopplæringslova til kapittel 6A i privatskulelova, jf. lov av 19. juni 2020 nr. 91. Satsane for tilskot til skular som er godkjende etter kap. 6A i privatskulelova, med unntak av Norsk Yrkesdykkerskole, er baserte på tre av satsane for private vidaregåande skular. Dei tre satsane er dei same som for utdanningsprogram for studiespesialisering, idrettsfag og musikk, dans og drama. Skular som er godkjende etter kap. 6A i privatskulelova, har fått 75 pst. av tilskotssatsane. Frå skuleåret 2023–24 får skulane 65 pst. av tilskotssatsane.

I dag er 28 skular godkjende etter kap. 6A i privatskulelova. Desse er bibelskular, kunstskular og Norsk Yrkesdykkerskole.

Oxford Research evaluerte tilskotsordninga i 2019 på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet. Departementet har varsla ei oppfølging av denne gjennomgangen.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 152,1 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 4,4 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 15,5 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2023.

Stortinget vedtok ved behandlinga av Prop. 80 L (2022–2023), jf. Innst. 342 L (2022–2023), at storleiken på statstilskotet og skulepengane til skular godkjende etter privatskulelova kap. 6A skal bli fastsette i forskrift. Departementet har fastsett endringar i forskrift til privatskulelova kap. 6A som inneber at storleiken på statstilskotet blir endra frå 75 pst. til 65 pst. av tilskotsgrunnlaget, og at skulane kan ta inntil 35 pst. av tilskotsgrunnlaget i skulepengar. Desse forskriftsendringane tok til å gjelde 1. august 2023. Endringa førte til ei innsparing i statsbudsjettet i 2023, og endringa får heilårseffekt i 2024. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga med 11,7 mill. kroner.

Post 73 Private grunnskular i utlandet, overslagsløyving

Skulane får tilskot etter same grunnlag som private grunnskular i Noreg, men satsen blir høgare fordi desse skulane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg avrekning mellom Noreg og Sverige for svenske elevar i norske skular i utlandet og for norske elevar ved svenske private grunnskular i utlandet. I tillegg omfattar posten utgifter til spesialundervisning.

Frå hausten 2024 mottek private grunnskular i utlandet tilskot etter ny tilskotsmodell og utrekningspraksis, jf. omtalen under post 70 og omtalen av den nye tilskotsmodellen i del III av budsjettproposisjonen, kap. 12.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 153,7 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein reduksjon på 2,4 mill. kroner som følge av ny tilskotsmodell for private grunnskular som tek til å gjelde hausten 2024. Når endringane er fullt innfasa vil det redusere utgiftene over posten med 24 mill. kroner. Endra utrekningspraksis reduserer utgiftene med 25 mill. kroner, medan andre endringar i modellen isolert sett gir eit auka løyvingsbehov på 1 mill. kroner. Endringane vil bli fasa inn gradvis over fem år, slik at ny tilskotsmodell og utrekningspraksis er fullt innfasa frå hausten 2028.

Post 74 Private vidaregåande skular i utlandet, overslagsløyving

Skulane får tilskot etter same grunnlag som private vidaregåande skular i Noreg, men satsen blir høgare fordi desse skulane ikkje er omfatta av ordninga med kompensasjon for meirverdiavgift. Posten omfattar òg utgifter til spesialundervisning.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 23,1 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 1,9 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 3,5 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2023.

Post 75 Private skular for funksjonshemma elevar, overslagsløyving

Private grunn- og vidaregåande skular for funksjonshemma elevar får tilskot tilsvarande 100 pst. av ein normalsats per elev. Nokre av skulane får i tillegg statstilskot til husleigeutgifter på same nivå som i 2003, jf. Innst. O. nr. 80 (2002–2003).

Kunnskapsdepartementet bad i 2021 Utdanningsdirektoratet foreslå endringar i tilskotsordninga basert på ein gjennomgang Oxford Research gjorde i 2020. Etter departementets vurdering fungerer ordninga med private skular for funksjonshemma elevar godt. Departementet har vurdert om det bør gjerast ei meir omfattande vurdering av rolla til desse skulane i utdanningssystemet. Alle barn og elevar skal kunne oppleve god tilrettelegging og eit inkluderande fellesskap i ordinære tilbod. Samtidig har mange av skulane for funksjonshemma elevar lange historiske røter, og dei har opparbeidd ein kompetanse som ein berre delvis finn i offentlege tilbod, og som elevar og føresette er nøgde med. Departementet vil derfor hausten 2023 sende på høyring forslag til endringar i regelverk og tilskotsordning som er å rekne som mindre justeringar.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 515,7 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 49,5 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 31,4 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2023.

Post 76 Andre private skular, overslagsløyving

Posten omfattar Unge Sjømenns Kristelige Forening (MS Gann) og Maritim videregående skole Sørlandet (MS Lofoten). Skulane får tilskot per elev etter satsen for utdanningsprogram for teknikk og industriell produksjon eller elektro. Skulane får 85 pst. av tilskotssatsen. I tillegg får skulane eit fast tilskot for ekstrakostnader ved skuledrift på skip.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 67,3 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår ein auke på 0,5 mill. kroner som følge av oppdaterte elevtal og ein auke på 4,6 mill. kroner som følge av nye satsar i høve til saldert budsjett for 2023.

Post 77 Den tysk-norske skolen i Oslo, overslagsløyving

Avtalen mellom Noreg og Tyskland om Den tysk-norske skolen i Oslo blei ført vidare og godkjend av Stortinget i april 2018, jf. Innst. 337 S (2017–2018) og Prop. 78 S (2017–2018). Tilskotet blir rekna ut på same måte som tilskotet til private skular som er godkjende etter privatskulelova, men med 54,4 pst. av tilskotssatsen. I tillegg blir det gitt eit særskilt tilskot som kompensasjon for at skulen ikkje lenger får tilskot til kompletterande undervisning, og for å dekke høgare husleigekostnader til nye, større lokale for skulen.

Frå hausten 2024 mottek Den tysk-norske skolen i Oslo tilskot etter den nye tilskotsmodellen og utrekningspraksisen for private grunnskular, jf. post 70 og kap. 12 i del III av budsjettproposisjonen. Det inneber isolert sett eit redusert tilskot til skulen. Den tysk-norske skulen i Oslo er i ei særstilling og ein viktig del av samarbeidet med Tyskland. For at skulen skal kunne halde fram aktiviteten på same nivå som i dag, foreslår regjeringa at særtilskotet som ikkje følger av avtalen med Tyskland, blir auka tilsvarande reduksjonen som følger av ny tilskotsmodell. Samla sett vil derfor ikkje Den tysk-norske skolen i Oslo få endra tilskot som følge av ny tilskotsmodell.

Mål for 2024

Tilskotet skal styrke samarbeidet med Tyskland og stillinga til det tyske språket i Noreg.

Resultat i 2022

Hausten 2022 var det til saman 332 elevar ved Den tysk-norske skolen i Oslo, og av dei gjekk 268 elevar i grunnskulen og 64 elevar i vidaregåande skule. Dette er det same elevtalet som hausten 2021.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 34,6 mill. kroner på posten.

Post 78 Kompletterande undervisning

Tilskotsordninga medverkar til å finansiere kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE) for norske elevar ved utanlandske eller internasjonale grunnskular i utlandet. Tilskotsmottakarar i ordninga er to sertifiserte nettskular – Globalskolen og Norskskolen.

Mål for 2024

Målet med tilskotet er at norske elevar ved internasjonale eller utanlandske grunnskular i utlandet skal ha høve til å få nettundervisning i norsk, samfunnsfag og kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE).

Resultat i 2022

Eit øvre elevtak blir fastsett på grunnlag av løyvinga til formålet. For 2022 var dette taket på 1 470 elevar. I 2022 gav nettskulane kompletterande undervisning til i alt 1 427 elevar, og dette var ein auke på 24 elevar samanlikna med 2021.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 26,5 mill. kroner på posten.

Post 79 Toppidrett

Ordninga gjeld skular som i tillegg til godkjenninga etter privatskulelova er godkjende som toppidrettsgymnas av Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité. Løyvinga omfattar òg eit forvaltningstilskot til Olympiatoppen.

Skular med tilbod om toppidrett som er godkjende av Olympiatoppen, blir ikkje automatisk omfatta av ordninga med særskilt toppidrettstilskot.

I Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet blei det varsla at tilskotet til toppidrett skulle vurderast fram mot statsbudsjettet for 2024. Vurderinga skulle omfatte offentlege tilbod om toppidrett, inkludert landslinjer. Vidare skulle det vurderast om det skal takast inn fleire skular i ordninga med tilskot til toppidrett.

Departementet vil vidareføre tilskotet til private tilbod om toppidrett som er godkjende av Olympiatoppen. Tilskotet støttar mellom anna opp om satsinga til regjeringa på idrett. Departementet vil legge til rette for at dei eksisterande tilboda skal ha gode rammevilkår. Samstundes vil regjeringa styrke satsinga på toppidrett i dei offentlege vidaregåande skulane, i samarbeid med fylkeskommunane. Til dømes har fylkeskommunane i Trøndelag og Vestland etablert samarbeid med Olympiatoppen regionalt for å legge til rette for talent innanfor toppidrett i fylka. Departementet vil vurdere korleis det kan støttast opp om fleire slike gode samarbeid.

Mål for 2024

Målet med tilskotet er at dei skulane som er omfatta av ordninga, kan legge til rette for at toppidrettsutøvarar kan kombinere trening med vidaregåande opplæring.

Tilskotet skal òg bidra til Olympiatoppens arbeid med å behandle søknader om kvalitetssikring av toppidrettsdelen av tilbodet ved skular godkjende etter privatskulelova § 2-1 andre ledd bokstav d.

Resultat i 2022

Hausten 2022 var det totalt 2 825 toppidrettselevar ved dei 13 skulane som fekk tilskot til toppidrett, og det er 38 færre enn i 2021.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 82,9 mill. kroner på posten. I løyvinga inngår 383 000 kroner til eit forvaltningstilskot til Olympiatoppen.

Tabell 4.19 Fordeling av tilskot over kap. 228, post 79

(i 1 000 kr)

Skular som får toppidrettstilskot

Særtilskot 2024

Haugesund Toppidrettsgymnas AS

7 050

Norges Toppidrettsgymnas Bodø AS

2 664

Norges Toppidrettsgymnas Bærum AS

10 426

Norges Toppidrettsgymnas Geilo AS

2 832

Norges Toppidrettsgymnas Kongsvinger AS

4 356

Norges Toppidrettsgymnas Lillehammer AS

8 013

Norges Toppidrettsgymnas Tromsø AS

3 932

Stiftelsen Telemark Toppidrett gymnas

6 943

Wang AS (Oslo)

13 805

Wang Fredrikstad AS

5 413

Wang Hamar AS

5 882

Wang Toppidrett Stavanger AS

5 512

Wang Tønsberg AS

5 657

Sum

82 485

Post 80 Distriktstilskot til private grunnskular

Dei fleste privatskulane som ligg langt unna næraste offentlege opplæringstilbod, vil ikkje få vesentleg endra tilskot som følge av ny tilskotsmodell for private grunnskular. Nokre få skular med lang avstand til næraste offentlege tilbod vil få monaleg redusert tilskot som følge av ny utrekningspraksis for kombinerte skular.

Regjeringa foreslår eit søknadsbasert tilskot for private grunnskular som etter søknad til Utdanningsdirektoratet kan dokumentere meir enn 10 km reiseveg til næraste offentlege skule. Tilskotet er ikkje lovfesta, og kan bli gitt til kombinerte skular som i innføringsåret får redusert tilskot som følge av endra utrekningspraksis. Skulen må vere godkjend og i drift når ny tilskotsmodell trer i kraft. Private grunnskular i utlandet blir ikkje omfatta av distriktstilskotet.

Regelverket for ordninga vil bli fastsett i forskrift.

Mål

Formålet med ordninga er å medverke til at privatskular som ligg langt unna næraste offentlege tilbod og som får redusert tilskot som følge av endra utrekningspraksis for private kombinerte barne- og ungdomsskular, kan halde fram drifta.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 3,1 mill. kroner på posten. Løyvinga skal dekke tilskot hausten 2024.

Post 81 Elevutveksling til utlandet

Tilskotsordninga gjeld utveksling til utlandet for elevar ved tre private vidaregåande skular med rett til statstilskot. Desse er Danielsen videregående skole i Bergen, Heltberg Private Gymnas i Oslo og Drottningborg videregående skole i Grimstad.

Resultat i 2022

32 elevar utløyste tilskot for skuleåret 2020–21, ein auke på 30 elevar frå skuleåret 2020–21. To skular fekk tilskot. Samla vart det utbetalt 1,2 mill. kroner i 2022.

Budsjettforslag for 2024

I Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet blei det varsla at tilskotsordninga skulle avviklast frå skuleåret 2022–23. Tilskotet på posten blir utbetalt etterskotsvis, og avviklinga av løyvinga skulle først kome i 2024. Regjeringa har vurdert ordninga på nytt, og har etter ei samla vurdering kome fram til at ordninga skal vidareførast. Departementet foreslår å løyve 2,3 mill. kroner på posten.

Post 82 Kapitaltilskot til privatskular, kapital- og husleigetilskot

Mål for 2024

Målet med tilskotsordninga er å medverke til at private skular i Noreg skal kunne finansiere husleige og vedlikehald og rehabilitering av bygg.

Resultat i 2022

I 2022 fekk private skular 70,5 mill. kroner i kapitaltilskot. Tilskotet er ei rammestyrt ordning og blei fordelt på grunnlag av elevtal mellom dei private grunn- og vidaregåande skulane i Noreg som får driftstilskot over kap. 228, post 70 og 71.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 77,4 mill. kroner på posten.

Post 83 Særtilskot til Møbelsnekkerskolen, Plus-skolen og Hjerleid Handverksskole

Møbelsnekkerskolen, Plus-skolen og Hjerleid Handverksskole har godkjenning etter privatskulelova § 2-1 andre ledd bokstav h, vidaregåande opplæring i yrkesfaglege studieprogram. Dette godkjenningsgrunnlaget blei oppheva ved lovendring som tok til å gjelde 15. juni 2022. Plus-skolen og Hjerleid Handverksskole har òg godkjenning etter privatskulelova § 2-1 andre ledd bokstav g, tradisjonshandverksfag.

Mål for 2024

Målet med tilskotsordninga er å bidra til finansiering av skulane, slik at dei kan halde oppe tilboda innan tradisjonshandverksfag.

Resultat i 2022

I 2022 vart det utbetalt 4,3 mill. kroner i tilskot til dei tre skulane, fordelt etter elevtal.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 5 mill. kroner på posten. Tilskotet blir fordelt slik: Hjerleid Handverksskole AS med 2,2 mill. kroner, Plus-skolen AS med 2,2 mill. kroner og Møbelsnekkerskolen AS med 0,6 mill. kroner.

Post 84 Redusert foreldrebetaling i skulefritidsordninga ved private skular

Ordninga gjeld frå 1. august 2021 og inneber at elevar på 1.–4. trinn frå familiar med låg inntekt i SFO ved privatskular kan få tilbod om redusert foreldrebetaling. Tilbodet om redusert foreldrebetaling i SFO ved privatskular inneber at foreldrebetalinga for ein SFO-plass maksimalt utgjer 6 pst. av samla personinntekt i hushaldet etter skattelova kapittel 12 og skattepliktig kapitalinntekt.

Frå hausten 2022 blei 12 timar gratis SFO per veke for elevar på 1. trinn innlemma i den same tilskotsordninga for redusert foreldrebetaling i SFO ved private skular. Hausten 2023 blei tilskotsordninga igjen utvida, til å inkludere 12 timar gratis SFO per veke for elevar på 2. trinn. Dei 12 gratistimane gjeld for alle første- og andreklassingar uavhengig av inntekta til foreldra.

Mål for 2024

Målet med tilskotsordninga er å medverke til at skulefritidsordninga (SFO) ved private skular kan tilby redusert foreldrebetaling i SFO på same måte som i SFO ved offentlege skular.

Resultat i 2022

I 2022 blei det løyvd 22,2 mill. kroner for at dei private grunnskulane skulle kunne tilby 12 timar gratis SFO for elevar på 1. trinn og redusert foreldrebetaling på SFO for elevar på 1.–4. trinn frå familiar med låg inntekt. Tilskotet tok til å gjelde hausten 2022, og det kom inn 136 søknader. Det vart innvilga 12 timar gratis SFO til 1 462 elevar på 1. trinn og redusert betaling for 99 elevar på 1.–4. trinn med bakgrunn i den samla inntekta i hushaldet. Om lag 3,8 mill. kroner av løyvinga blei nytta. Dette kjem truleg av at ordninga framleis er relativ ny og lite kjend.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 84,6 mill. kroner på posten. Dette skal gå til lågare foreldrebetaling for elevar frå familiar med låg inntekt på 1.–4. trinn og til å gi 12 timar gratis SFO for første- og andreklassingar.

Post 85 Kompensasjon for meirutgifter knytte til covid-19

Ordninga omfatta private grunnskular og vidaregåande skular som er godkjende med heimel i privatskulelova, Den tysk-norske skolen i Oslo, Den franske skolen i Oslo og United World College i Fjaler. Ordninga skulle bidra til at privatskulane blei kompenserte for økonomiske konsekvensar av covid-19-pandemien på om lag same nivå som kommunesektoren. Ordninga er ikkje vidareført etter 2022, og det er dermed inga løyving på posten i 2024.

Resultat i 2022

I 2022 blei det utbetalt 70 mill. kroner for å kompensere privatskulane for meirutgifter som følgde av covid-19-pandemien for første halvår 2022. Smittevernrettleiarar for skulane førte i nokre tilfelle til at undervisninga blei organisert i mindre grupper enn normalt. Fleire skular hadde òg meirutgifter ved å gi eit godt opplæringstilbod til elevar som var heime med milde symptom. Meirutgiftene dreia seg særleg om eit auka behov for vikarar og overtid.

Kap. 229 22. juli-senteret

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

22 067

23 236

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

30 600

27 249

Sum kap. 229

52 667

50 485

Løyvingane til 22. juli-senteret blei i statsbudsjettet for 2023 flytta frå kap. 251 til kap. 229 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Sjå omtale av resultat for 2022 under kap. 251.

22. juli-senteret formidlar kunnskap om terrorangrepet i regjeringskvartalet og på Utøya 22. juli 2011. Senteret skal gjennom utstillingar, undervisning og andre pedagogiske opplegg forvalte minnet om terrorangrepet og setje det inn i både ein historisk og ein dagsaktuell kontekst. Senteret skal legge til rette for diskusjon og refleksjon om 22. juli 2011 og tema som hat, vald og ekstremisme, nasjonalt og globalt. Målgruppa for senteret er skuleklassar frå ungdomsskuletrinna og oppover, lærarar og lærarstudentar og allmenta.

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

Mål for 2024

Måla for 22. juli-senteret for 2024 er:

  • Elevar, lærarar og lærarstudentar lærer om og reflekterer over terrorangrepet 22. juli 2011 og tilgrensande tematikk

  • Læringsressursane til 22. juli-senteret er tilgjengelege for befolkninga i heile landet

  • 22. juli-senteret dokumenterer, bevarer og formidlar relevante perspektiv og gjenstandar knytte til terrorangrepet 22. juli 2011

  • 22. juli-senteret skal arbeide for at eit permanent senter blir utforma slik at det blir eit godt nasjonalt minne- og læringssenter for besøkande

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 23,2 mill. kroner på post 01 og 27,2 mill. kroner på post 45.

I statsbudsjettet for 2022 blei det gitt ei startløyving for å reetablere 22. juli-senteret permanent i tilknyting til tidlegare lokale ved Høgblokka i regjeringskvartalet. Senteret skal vere eit minne- og læringssenter, og det er planlagt ferdig hausten 2025. Byggeprosjektet har ei samla kostnadsramme på 541,9 mill. kroner (prisnivå per 1.7.2024). Midlane til byggeprosjektet blir løyvde over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet, kap. 2445, post 33. I tillegg kjem ei samla løyving på 90,5 mill. kroner til inventar og brukarutstyr og til å etablere utstilling over kap. 229, post 45. Departementet foreslår å løyve 27,2 mill. kroner av dette i 2024.

Kap. 230 Statleg spesialpedagogisk teneste

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

625 527

587 286

628 299

21

Særskilde driftsutgifter

24 989

25 659

27 200

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

3 645

10 108

10 936

Sum kap. 230

654 161

623 053

666 435

Statped er direkte underlagd Kunnskapsdepartementet og skal bidra til at sektormåla for barnehagen og grunnopplæringa blir nådd. Statped er ei statleg spesialpedagogisk støtteteneste for kommunar og fylkeskommunar i arbeidet for at barn, unge og vaksne med varige og omfattande behov for særskild tilrettelegging får gode, tilpassa barnehage- og opplæringstilbod i inkluderande fellesskap. Statped har ein særskild funksjon knytt til samiskspråklege med spesialpedagogiske behov, basert på god forståing for samisk språk og kulturutvikling. Statped driv Diamanten skole i Oslo, som er ein grunnskule og vidaregåande skule for døvblindfødde.

Statped er under omstilling som ein del av oppfølginga av Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. Omstillingsperioden har gjort verksemda landsdekkande. Som følge av omstillinga har Statped fått redusert løyvinga til drift med 115 mill. kroner i perioden 2020–23. Departementet vurderer at eit vidare kutt vil gå ut over kjerneoppgåvene til Statped. Løyvinga til Statped blir derfor ført vidare på 2023-nivå, slik at Statped får gode rammer til å ferdigstille dei faglege omstillingsprosessane i 2024, utan at eit større kutt går ut over tenestetilbodet til målgruppene Statped har ansvar for. Midlar frå tidlegare reduksjonar i løyvinga til Statped har gått til å bygge opp eit kompetanseløft for spesialpedagogikk og inkluderande praksis for kommunar, fylkeskommunar og PPT. Det er viktig for regjeringa at fleire i kommunane har kompetanse innanfor spesialpedagogikk, og derfor held regjeringa fram styrkinga av kompetanseløftet til 160 mill. kroner i 2024. Samla sett har regjeringa styrkt innsatsen med 45 mill. kroner utover reduksjonen i midlane frå Statped. Sjå kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa post 21 for nærare omtale av kompetanseløftet.

Post 01 Driftsutgifter, post 21 Særskilde driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvingane gjeld drift av Statped, inkludert ventelønn og lønn etter rettsvilkårsavtalen for overtalige. I tillegg blir det over post 01 gitt midlar til internasjonalt samarbeid mv., utgifter til medlemskap i og nasjonal koordinator for The European Agency for Special Needs and Inclusive Education, tilskot til kompetansetenester frå Signo og Briskeby og til å følgeevaluere omstillinga i Statped.

Mål for 2024

  • Kommunar og fylkeskommunar får tenester og støtte til kompetanseutvikling som fremjar læring, utvikling og deltaking i eit inkluderande fellesskap for barn og elevar med varige og komplekse spesialpedagogiske behov

  • Barn og elevar med rett til opplæring i og på teiknspråk er inkluderte både i eit norsk/samisk og eit norsk teiknspråkleg fellesskap

  • Kommunar og fylkeskommunar har tilrettelagde læremiddel og pedagogisk materiell som fremjar læring, utvikling og deltaking for teiknspråklege, blinde og sterkt svaksynte barn og elevar i eit inkluderande fellesskap

Resultat i 2022

1. mai 2022 endra Statped organisasjonen frå regional inndeling til landsdekkjande verksemd. Siktemålet er å gi like tenester over heile landet og sikre god kvalitet på tenestene.

Brukarmedverknadssystemet vart endra i 2022, og det nasjonale brukarrådet blir no leia av brukarsida. Erfaringane frå hausten var positive, og rådet gir viktige innspel og synspunkt til arbeidet Statped gjer. Det har vore kontinuerleg samarbeid med kommunane gjennom direkte tenesteyting, dialog med leiarar og deltaking i PPT-leiarnettverk. Kontakten gir oversikt over behov, utfordringar og kontekst.

Statpedundersøkinga retta spørsmål til PPT, skular, barnehagar, brukarar og føresette. I 2022 viste undersøkinga at Statped leverte gode tenester, og at samarbeidspartnarane fekk tenester raskt. Ei generell tilbakemelding frå foreldre var at hjelpa er profesjonell, og at Statped lyttar til barnet.

Statped gjennomførte 238 kurs og konferansar, med 11 748 deltakarar, det er noko lågare enn i 2021, men høgare enn i 2020.

Statped held fram med å levere god digital tenesteyting. Digitalisering har på fleire område gitt auka tilgang for brukarar og samarbeidspartnarar og gitt læringsutbytte til fleire. Statped.no blir brukt til støtte- og rettleiing og til å finne læringsressursar.

I Statpedundersøkinga 2022 kjem det fram at 89 pst. av skulane, barnehagane og PPT meiner at bistanden frå Statped har medverka til å heve kompetansen deira. 86 pst. meiner at bistand frå Statped gjer dei i stand til å møte brukarane på ein betre måte.

Statped har bidrege aktivt i arbeidet med kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande opplæring, som Utdanningsdirektoratet har ansvaret for, og har eit breitt samarbeid med kommunar, fylkeskommunar, universitet og høgskular. Spør oss-tenesta bidreg til tidleg innsats, ved at samarbeidspartnarar raskt kjem vidare med eige arbeid, og Statpedundersøkinga syner at samarbeidspartnarane var særs nøgde med tenesta. Statped har prioritert universell utforming i formidling og yting av tenester.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 628,3 mill. kroner på kap. 230, post 01, slik at driftsløyvinga til Statped blir halden på same nivå som i 2023. Løyvinga vil gi rom for at Statped kan utføre oppgåvene sine i tråd med behova i sektoren. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 60 000 kroner som oppfølging av regjeringa sitt arbeid med meir effektive kontorleigeavtalar for statlege verksemder.

Departementet foreslår 10 mill. kroner til å forbetre læremiddeltilbodet til elevar med varige og omfattande behov for tilrettelegging. Dette er ei vidareføring av midlar som kom i revidert statsbudsjett for 2023.

Departementet foreslår å flytte 1 mill. kroner frå kap. 230, post 01 til kap. 201, post 21 for å gå til Senter for spesialpedagogisk forsking og inkludering.

Den ideelle organisasjonen HLF Briskeby, eigd av Hørelshemmedes landsforbund, og Stiftelsen Signo får tilskot til kompetansetenester som kompletterer tenester frå Statped, og 36 mill. kroner av løyvinga over kap. 230, post 01 skal gå til dette. Departementet foreslår ei vidareføring av tilskotet på same nivå i 2024. Deretter vil omfang og innretting på tilskotet bli vurdert opp mot behovet for vidare tenester, dette i dialog med HLF Briskeby, Signo og Statped.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3230, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Departementet foreslår å løyve høvesvis 27,2 og 10,9 mill. kroner på kap. 230, post 21 og post 45.

Kap. 3230 Statleg spesialpedagogisk teneste

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Inntekter frå oppdrag

24 989

25 750

27 200

02

Salsinntekter o.a.

5 171

7 514

7 845

Sum kap. 3230

30 160

33 264

35 045

Post 01 gjeld oppdragsverksemd som Statped utfører for kommunar, fylkeskommunar, høgskular, universitet og andre.

Post 02 gjeld sal av læremiddel, utleige av lokale og inntekter frå kurs.

Programkategori 07.30 Barnehagar

Utgifter under programkategori 07.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

231

Barnehagar

791 801

1 089 563

1 151 535

5,7

Sum kategori 07.30

791 801

1 089 563

1 151 535

5,7

Innleiing

Regjeringa ønsker eit samfunn med mindre skilnader og betre moglegheiter for alle og vil derfor styrke moglegheitene for tidlegare innsats og sosial utjamning gjennom å auke ressursane der behova er størst, mellom anna gjennom å satse meir på dei yngste barna og dei barna som har størst behov. Alle barn skal få høve til å ta del i det fellesskapet barnehagen gir, og det er derfor viktig å halde foreldrebetalinga låg og sikre gode moderasjonsordningar.

Barnehagen skal vareta barnas behov for omsorg og leik og fremje læring og danning, og barna skal møte trygge vaksne med god og rett kompetanse. Regjeringa vil ha fleire barnehagelærarar og barne- og ungdomsarbeidarar i barnehagen og legge til rette for at alle tilsette skal få styrkt kompetansen sin. Dei tilsette skal få tillit til å bruke tid og fagkunnskap saman med barna.

Regjeringa vil gi kommunane dei riktige verktøya for å drive god styring av både private og kommunale barnehagar. Eit meir moderne styrings- og finansieringssystem vil styrke kvaliteten og kompetansen i barnehagane. Private barnehagar skal vere ein naturleg del av det kommunale velferdstilbodet og ikkje oppfattast som eit investeringsobjekt for kommersielle interesser. Barna skal vere i sentrum, og likeverdige barnehagetilbod krev at finansieringa må tilpassast behova i barnegruppene.

Regjeringa legge til grunn følgande sektormål som skal gjelde for barnehagane i 2024:

  • Sterkare felles opplærings- og utdanningsmiljø fremjar inkludering, motivasjon og meistring

  • Ein meir samordna og tidlegare innsats for alle barn og unge

  • Kunnskapssektoren har tilbod av høgare kvalitet

  • Medarbeidarane i kunnskapssektoren har meir relevant kompetanse

Barnehagane er i hovudsak finansierte gjennom dei frie midlane til kommunane, det vil seie rammetilskotet og skatteinntektene. I tillegg kjem foreldrebetalinga, som i dag utgjer om lag 15 pst. av finansieringa. Barnehageeigaren har det overordna ansvaret for at barnehagen blir driven i samsvar med gjeldande lover og regelverk. Kommunen som barnehagemyndigheit skal gi rettleiing og sjå til at barnehagane blir drivne i samsvar med regelverket. Statsforvaltaren kan føre tilsyn med kommunen som barnehagemyndigheit og med einskilde barnehagar i særskilde tilfelle. Utdanningsdirektoratet har ansvar for å føre økonomisk tilsyn med private barnehagar.

For statistikk og informasjon om ressursbruk, sjå del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren. Sjå òg omtalen i del I, kap. 3 Oppfølging av oppmodingsvedtak.

Hovudprioriteringar for 2024

Regjeringa foreslår å nominelt vidareføre maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehage på 3 000 kroner per månad frå 1. januar 2024 og deretter redusere maksimalprisen til 2 000 kroner per månad frå 1. august 2024. Regjeringa foreslår å ytterlegare redusere maksimalprisen for foreldrebetaling for barn som bur i kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6, slik at desse frå 1. august 2024 får ein maksimalpris på 1 500 kroner. Samla sett er dette ein historisk reduksjon i maksimalprisen i barnehage, som bidreg til å gjere barnehage meir tilgjengeleg for alle.

Regjeringa vil at alle som arbeider i barnehagen skal ha god og relevant kompetanse. Departementet foreslår å løyve om lag 790 mill. kroner i 2024 til tiltak for å fremje kvaliteten og kompetansen i barnehagane. Om lag 260 mill. kroner av dette vil gå til den regionale ordninga for kompetansetiltak.

Regjeringa vil at alle barn skal ha tilgang til likeverdige tilbod av høg kvalitet, og at kommunen skal få meir demokratisk styring og kontroll med barnehagesektoren. Eit samla forslag til endringar i regelverket for styring og finansiering av barnehagesektoren vil bli sendt på brei offentleg høyring i løpet av hausten 2023.

Departementet foreslår å vidareføre ordningane med gratis barnehage for tredje barn i familien som går i barnehage samstundes, og gratis barnehage for alle 1–5-åringar i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms, ordningar som begge vart innførte hausten 2023.

Departementet foreslår å vidareføre moderasjonsordninga med eit nasjonalt minstekrav til foreldrebetaling, som inneber at ingen skal betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som øvre grense. Departementet foreslår å vidareføre ordninga med 20 timar gratis kjernetid i barnehage per veke for barn i alderen 2–5 år i familiar med låg inntekt. Departementet foreslår å fastsetje inntektsgrensa for ordninga til 642 700 kroner frå 1. august 2024. Regjeringa vil i samsvar med Hurdalsplattforma gjennomgå og forbetre dei behovsprøvde moderasjonsordningane som gjeld barnehage.

Sosial utjamning og inkludering av alle barn

Økonomiske hindringar for å delta i barnehage

Under Solberg-regjeringa steig maksimalprisen for foreldrebetaling i barnehage, slik at det blei dyrare for familiar å ha barn i barnehagen. Dette er i strid med intensjonen i barnehageforliket frå 2003. Støre-regjeringa ser på barnehage som ein del av utdanningsløpet og meiner at prisen bør vere låg for alle. Tidlegare undersøkingar om barnetilsyn viser at prisen for ein barnehageplass har noko å seie for bruken av barnehage blant familiar med låg inntekt. Dei nasjonale moderasjonsordningane som er innførte dei seinare åra, blir heller ikkje nytta av alle som har rett til dei. Departementet anslår at 3 000 av barna med rett til moderasjon i barnehagen ikkje nytta denne retten i 2021.

Lågare foreldrebetaling og gratis barnehagetilbod for fleire barn

Regjeringa har i statsbudsjettet for 2023 redusert maksimalprisen til under nivået frå barnehageforliket. Regjeringa foreslår for 2024 å redusere maksimalprisen betydeleg, slik at prisen for eit ordinært heiltidstilbod i frå 1. august 2024 vert sett til 2 000 kroner. For foreldre med to barn i barnehagen inneber dette ei innsparing på 18 700 kroner i året. Regjeringa foreslår å nominelt vidareføre maksimalprisen på 3 000 kroner per månad frå 1. januar 2024, jf. forslag til vedtak VI nr. 1. Samla sett inneber forslaget at maksimalprisen vert redusert med 1 315 kroner per månad samanlikna med 2022. Regjeringa foreslår å redusere foreldrebetalinga ytterlegare i dei mest spreiddbygde kommunane. I kommunar med sentralitetsindeks 5 og 6 vert maksimalprisen frå 1. august 2024 fastsett til 1 500 kroner.

Departementet innførte frå 1. august 2023 gratis barnehage frå tredje barn i familien som går i barnehage samstundes. Regjeringa har frå 1. august 2023 også innført gratis barnehage for alle 1–5-åringar i tiltakssona i Finnmark og Nord-Troms. Departementet foreslår å vidareføre det nasjonale minstekravet til redusert foreldrebetaling, som gjer at ingen familiar må betale meir enn 6 pst. av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass, med maksimalprisen som ei øvre grense. Fordi denne regjeringa prioriterer å halde maksimalprisen låg for alle, betyr det at færre har behov for særskild moderasjon.

Departementet foreslår å vidareføre den nasjonale ordninga med gratis kjernetid 20 timar per veke for barn i alderen 2–5 år frå familiar med låg inntekt. Ordninga blir vidareført på same reelle nivå, slik at inntektsgrensa blir sett til 642 700 kroner frå 1. august 2024, jf. forslag til vedtak VI nr. 2.

Regjeringa vil i samsvar med Hurdalsplattforma gjennomgå og forbetre dei behovsprøvde moderasjonsordningane som gjeld barnehage.

Frå august 2022 har kommunane hatt høve til å bruke heilautomatiserte avgjerder når dei behandlar søknader om moderasjon i foreldrebetalinga for barnehagar og for skulefritidsordningar (SFO). Dette gjer saksbehandlinga enklare og kan bidra til at familiar med låg inntekt får dei moderasjonsordningane dei har rett på.

Eit betre kunnskapsgrunnlag om kva som bidreg til sosial utjamning

Forskinga har vist at innsats retta mot barn i barnehagealder er særleg verksamt både for å utjamne skilnader her og no, men også for å førebygge større skilnader på sikt. For å få meir kunnskap om bruk av barnehage og SFO blant ulike sosioøkonomiske grupper i samfunnet har departementet bestilt ei ny barnetilsynsundersøking frå SSB. Undersøkinga vil etter planen bli lagd fram hausten 2023.

Vi treng systematisk kunnskap om korleis barnehagar, skular og SFO verkar inn på sosial utjamning. Barne- og familiedepartementet har i august 2022 oppnemnt ei ekspertgruppe som skal foreslå tiltak som både gir betre levekår for barn som veks opp i fattigdom, og i tillegg skal førebygge at fattigdom går i arv. Ekspertgruppa leverer sin rapport i oktober 2023. Kunnskapsdepartementet har i januar 2023 oppnemnt ei ekspertgruppe som skal gi eit kunnskapsgrunnlag og tilrådingar om korleis barnehagar, skular og SFO kan vere med på å jamne ut sosiale skilnader. Departementet foreslår å løyve 2 mill. kroner i 2024 til å innhente meir kunnskap om hindringar for sosial utjamning i barnehagesektoren, jf. omtalen under kap. 231, post 21. For omtale av den kommande meldinga om sosial mobilitet og sosial utjamning, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Minoritetsspråklege barn har framleis lågare deltaking i barnehage

86,2 pst. av minoritetsspråklege barn i alderen 1–5 år gjekk i barnehage i 2022. Tilbake i 2012 var talet 75 pst., så det har vore ei positiv utvikling det siste tiåret. Til samanlikning gjekk 95,4 pst. av andre barn i barnehage i 2022. Skilnaden i bruk av barnehage er større dess yngre barna er. For meir statistikk om minoritetsspråklege barn i barnehage, sjå del III kap. 7.

Minoritetsspråklege barn har i gjennomsnitt gått færre år i barnehage før dei begynner på skulen, men det store fleirtalet av minoritetsspråklege barn har gått i barnehage før skulestart. Dette kan medverke til eit svakare norskspråkleg grunnlag når dei startar på skulen, noko som kan gjere opplæringa vanskelegare. Årsakene til lågare bruk av barnehage er samansette. Familieøkonomien er éi årsak, og her kan tiltaka for å fjerne økonomiske hindringar vere nyttige, jf. omtalen over. Andre årsaker kan vere av kulturell og/eller praktisk art. Ei viktig årsak kan vere at foreldra er usikre på kva barnehagetilbodet har å seie for barna deira, til dømes når det gjeld å lære norsk i tillegg til morsmålet familien snakkar heime.

Informasjon og støtte til minoritetsspråklege barnefamiliar

Som eit ledd i å nå ut til minoritetsspråklege familiar med mellom anna informasjon om barnehagetilbodet og hjelp til å søke om plass, har Utdanningsdirektoratet sidan 2018 forvalta eit øyremerkt tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn, jf. omtalen under kap. 231, post 66. Departementet foreslår å løyve 23,5 mill. kroner til tilskotet i 2024. Kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet, mellom anna til open barnehage, som er rekna som ein god rekrutteringsarena.

For omtale av barnehagetiltak retta mot fordrivne frå Ukraina, sjå programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Utfordringar for småbarnsfamiliar i levekårsutsette område

Levekårsutsette område er kjenneteikna av ei opphoping av ulike levekårsproblem, jf. NOU 2020: 16 Levekår i byer – Gode lokalsamfunn for alle. Dette kan mellom anna gjelde låg sysselsetjing og låg familieinntekt med tilhøyrande barnefattigdom, noko som kan føre til risiko for nedgåande spiralar som over tid fører til at områda sakkar ytterlegare akterut i forhold til andre område i same kommune. Småbarnsfamiliar med låg inntekt i kombinasjon med andre utfordringar er særleg sårbare, og dei har behov for gode tilbod som kan medverke til at barna får støtte til å trivast og til å utvikle seg positivt.

Styrking av barnehagar i levekårsutsette område

Staten deltek i eit samarbeid med fleire kommunar om områdesatsingar i levekårsutsette område. Gjennom områdesatsingane i delar av Oslo med samansette levekårsutfordringar bidreg Kunnskapsdepartementet med støtte innanfor delprogrammet Oppvekst og utdanning, jf. omtalen i programkategori 07.20 Grunnopplæringa og Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet. Sjå også Meld. St. 28 (2022–2023) Gode bysamfunn med små skilnader.

I 2022 blei det oppretta eit øyremerkt tilskot til auka pedagogtettleik i barnehagar i levekårsutsette område. Regjeringa foreslår å løyve 80 mill. kroner til tilskotet i 2024, jf. omtalen under kap. 231, post 21. Tilskotet er eit ledd i arbeidet med å styrke satsinga på barnehagar i område med integrerings-, språk- og levekårsutfordringar, jf. omtalen i Hurdalsplattforma.

Tidlegare innsats for trivsel og utvikling for alle barn i barnehagen

Dei fleste foreldre er nøgde med barnehagetilbodet

Utdanningsdirektoratet har ei årleg foreldreundersøking som for 2022 viser at 97 pst. av foreldra i ganske stor eller svært stor grad er nøgde med barnehagetilbodet. Foreldra er særleg nøgde med korleis barna trivst i barnehagen, og kor god tryggleiken er. Berre 1,9 pst. av foreldra er ganske eller svært misnøgde med tilbodet. Foreldra har vore om lag like nøgd med barnehagen alle dei åtte åra undersøkinga har vore gjennomført, også gjennom koronapandemien.

Alle barn har rett til eit trygt og godt psykososialt barnehagemiljø

Barnehagane skal jobbe for at alle barn har det trygt og godt i barnehagen, og alle tilsette har plikt til å følge med på korleis barna i barnehagen har det. Dersom eit barn opplever at det ikkje er trygt og godt å vere i barnehagen, skal det gjerast noko med det. Dette gjeld mellom anna dersom barnet opplever krenkingar som til dømes utestenging, vald, mobbing, diskriminering eller trakassering, jf. barnehagelova kapittel VIII.

Regjeringa vil styrke kunnskapsgrunnlaget om korleis barn trivst i barnehagen, og arbeidet barnehagane gjer med å følge opp føresegna om eit trygt og godt barnehagemiljø. Utdanningsdirektoratet har derfor fått i oppdrag å kartlegge og vurdere kva slags kompetanse skulane og barnehagane treng no for å bli betre til å bygge trygge og gode barnehage- og skulemiljø. Som del av dette er det sett i gang ei evaluering av korleis barnehagesektoren forstår og etterlever kapittel VIII i barnehagelova om psykososialt barnehagemiljø. I tillegg skal det lysast ut eit forskingsoppdrag om korleis barna trivst i barnehagen og opplever barnehagetilbodet.

Ikkje alle barn med behov for særskild tilrettelegging får eit godt nok tilbod

Barnehagen er ein viktig arena for arbeidet med tidleg innsats og inkluderande fellesskap, men ikkje alle barn får eit godt tilpassa og inkluderande pedagogisk tilbod i barnehagen, slik regelverket tilseier, jf. Meld. St. 6 (2019–2020) Tett på – tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO.

Alle barn i barnehagen skal ifølge rammeplanen få eit tilpassa allmennpedagogisk tilbod etter deira eigne behov og føresetnader. Barn under opplæringspliktig alder med særleg behov for spesialpedagogisk hjelp har rett på slik hjelp etter § 31 i barnehagelova. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage. Kommunen skal oppfylle retten, og den pedagogisk-psykologiske tenesta (PPT) er sakkunnig instans som vurderer behovet. I 2022 fekk 3,6 pst. av barna i barnehage spesialpedagogisk hjelp, same del som i 2021. Det har vore ein svak auke over tid i prosentdelen av barn som får slik hjelp. Sjå meir statistikk i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

Auka kompetanse for å gi eit betre tilbod til barn med behov for særskild tilrettelegging

Regjeringa vil at alle barn, uavhengig av ulike føresetnader og behov, skal få delta i det fellesskapet barnehagen utgjer, og få den oppfølginga dei treng. Departementet følger opp fleire tiltak som skal bidra til å gi eit betre pedagogisk tilbod til alle barn, inkludert barn med behov for særskild tilrettelegging. Dette omfattar mellom anna ein sterk auke i vidareutdanning for barnehagelærarar i spesialpedagogikk, og fagskuletilbod for barne- og ungdomsarbeidarar i barnehage med temaet «barn med særskilde behov», jf. omtalen under kap. 231, post 21. Kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis er under oppbygging, og i overkant av 280 kommunar deltek i ordninga, jf. omtalen i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Tiltak for tverrfagleg samarbeid

Det er godt dokumentert, mellom anna i Tett på-meldinga, at tverrfagleg samarbeid er utfordrande og ofte ikkje fungerer godt nok, noko som kan føre til at viktig og nødvendig informasjon ikkje kjem fram til dei som treng det. Det kan føre til at barna ikkje får den hjelpa dei treng i tide, eller ikkje får hjelp i det heile teke. Sjå òg omtalen i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Det er eit overordna samfunnsmål at utsette barn og unge får nødvendig hjelp og oppfølging uavhengig av kva teneste eller forvaltningsnivå som er ansvarleg. Regjeringa ønsker å styrke det universelle velferdstilbodet for barn og unge gjennom å prioritere velferdstenester som omfattar alle barn, og har derfor sett i gang fleire tverrdepartementale prosessar for å sikre at alle barn og unge har ein trygg og god oppvekst. Med verknad frå 1. august 2022 blei det innført ei rekke endringar i velferdstenestelovgivinga med mål om å styrke oppfølginga av utsette barn og unge og familiane deira gjennom auka samarbeid mellom velferdstenestene. Mellom anna blei det innført ein rett til barnekoordinator på visse vilkår, jf. Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet.

Frå 2020 til medio 2023 har det vore gjennomført eit forsøk med programfinansiering i tolv kommunar. Formålet med programfinansiering er å gi kommunane større fridom til å disponere midlane slik at dei er betre tilpassa lokale behov, jf. Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet. Aktuelle departement jobbar saman om å vurdere mogleg programfinansiering av eksisterande tilskot til tiltak for utsette barn og unge og familiane deira som ein del av arbeidet med tillitsreforma og eit styrkt heilskapleg og samordna tenestetilbod til barn og unge.

Dokument 3:8 (2021–2022) Riksrevisjonens undersøkelse av myndighetenes innsats mot vold i nære relasjoner blir følgd opp i det tverrdepartementale arbeidet med Hurdals-punktet om ein ny opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar. Justis- og beredskapsdepartementet tek sikte på å legge fram planen hausten 2023.

Tiltak som gjeld tilbodet til minoritetsspråklege barn i barnehagen

Barnehagen er ein viktig arena for å legge eit så godt språkleg grunnlag som mogleg. Dette gjeld særleg barn med eit anna morsmål. Fleire minoritetsspråklege barn startar seinare i barnehage enn andre barn, slik at dei oftare har færre år der før dei kjem på skulen. Tidlegare rapportar frå områdesatsinga i Oslo viser variasjon i språkarbeidet mellom barnehagar og mellom avdelingar i same barnehage. Årsakene kan vere mange og omfattar mellom anna både kompetanse, systematikk og ressursar.

Alle barnehagar som har minoritetsspråklege barn, skal i samsvar med rammeplanen støtte barna i å bruke morsmålet sitt, samstundes som barnehagen aktivt skal fremje og utvikle den norskspråklege kompetansen til barna. Regjeringa foreslår å løyve 218 mill. kroner til tiltak for å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn, jf. omtalen under kap. 231, post 63.

Utdanningsdirektoratet lanserte 1. mars 2023 den nye temasida Flerspråklige barn i barnehagen på udir.no. Direktoratet har samla tidlegare tilgjengelege støtte- og rettleiingsressursar i tillegg til å ha utvikla nytt innhald. Nettsida vil bli vidareutvikla og oppdatert med mellom anna innhald frå kompetansepakken «Personalets arbeid i barnehagen for å fremme og utvikle de fleirspråklege barnas norsk- eller samiskspråklege kompetanse», som direktoratet etter planen skal legge fram før jul 2023. Denne kompetansepakken skal også bli tilgjengeleg på nettstaden kompetanse.udir.no, og formålet er å gi fagleg påfyll og støtte til å utvikle kompetanse og praksis i barnehagen.

Kvaliteten på barnehagetilbodet

Variasjonen i kvaliteten på barnehagetilbodet er for stor

Undersøkingar og forsking har gjennom fleire år vist at det er stor variasjon i kvaliteten på barnehagetilbodet, både mellom barnehagar og innanfor kvar barnehage. Dette er eit problem, både fordi ein del barn ikkje får det tilbodet dei har rett på, og fordi det kan vere med på å auke dei sosiale skilnadene i samfunnet. Det er også eit problem at foreldre vil oppleve at dei får ulikt tilbod sjølv om dei betaler det same.

God kompetanse hos alle tilsette er avgjerande for god kvalitet i barnehagetilbodet. Per desember 2022 var kravet om pedagogtettleik oppfylt i 67 pst. av alle ordinære barnehagar utan bruk av dispensasjon. Det manglar nesten 2 600 årsverk for å oppfylle kravet om pedagogtettleik i alle barnehagar utan bruk av dispensasjon. 25,9 pst. av dei tilsette i grunnbemanninga har ikkje registrert formell barnehagefagleg kompetanse.

Regjeringa vil sikre god kvalitet i alle barnehagar

Nasjonal barnehagestrategi mot 2030

Regjeringa la i januar 2023 fram Barnehagen for en ny tid. Nasjonal barnehagestrategi mot 2030. Gjennom strategien vil regjeringa legge til rette for at alle barn i Noreg skal få høve til å ta del i barnehagefellesskapet, og at kvaliteten i barnehagane skal bli betre og meir likeverdig over heile landet. Strategien skal mellom anna bidra til følgande:

  • Betre kvalitet i tilbodet til barna gjennom auka kompetanse hos dei tilsette, god leiing og tilstrekkeleg bemanning

  • Auka deltaking i barnehagen gjennom låg maksimalpris og gode moderasjonsordningar

  • At fellesskapets ressursar går til barna gjennom betre regulering av barnehagesektoren

  • Eit meir likeverdig barnehagetilbod i heile landet gjennom å gi kommunane betre demokratisk styring og kontroll

Kunnskapsdepartementet har også lagt fram ein ny strategi for digital kompetanse og infrastruktur. Strategien skal gjelde for barnehagar, grunnskular og vidaregåande opplæring i perioden 2023–30. Dette er nærare omtala under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Støtte til barnehagane i det pedagogiske arbeidet

Utdanningsdirektoratet har ansvaret for å støtte barnehagane i forståinga og bruken av rammeplanen for barnehagens innhald og oppgåver, og det er utvikla rettleiings- og støttemateriell som barnehagane fritt kan bruke. I perioden 2018–23 gjennomførte Utdanningsdirektoratet ei evaluering av korleis rammeplanen blir praktisert, fortolka, operasjonalisert og erfart i sektoren. Første delrapport viste at det varierer korleis rammeplanen er teken i bruk i ulike barnehagar, og i kva grad planen blir brukt aktivt av heile personalet. Sluttrapporten kjem etter planen i desember 2023.

Eit treårig pilotprosjekt for ekstern rettleiing av barnehageeigarar for å styrke kvalitetsutviklinga i utvalde fylke held på i perioden 2021–23. Piloten omfattar 30 barnehageeigarar med geografisk spreiing og storleik, halvparten private og halvparten kommunale. OsloMet leiar arbeidet i samarbeid med Telemarksforsking, Dronning Mauds Minne Høgskole og Høgskolen i Østfold. Piloten har tre delar: rettleiing, kunnskapssamanstilling på barnehagekvalitet og utvikling av eit indikatorsett. Sluttrapporten kjem hausten 2023.

Vidareutvikling og deling av kunnskapsgrunnlaget

Utdanningsdirektoratet skal støtte opp om kvalitetsutviklinga i barnehagesektoren. Dette blir løyst både ved å gjere relevant kunnskapsgrunnlag tilgjengeleg gjennom ulike plattformer og ved å tilby støtte, verktøy og rettleiing. Direktoratet jobbar for å vidareutvikle kunnskapsgrunnlaget, det gjeld både forsking, analysar og statistikk om barnehagane. Ein føresetnad for systematisk kvalitetsutvikling i barnehagane og i barnehagesektoren er at kunnskapsgrunnlaget blir teke i bruk aktivt som grunnlag for utviklingsprosessar. Direktoratet har derfor prioritert formidling og brukarinvolvering. Arbeidet med publikasjonane Utdanningsspegelen og Vetuva er døme på dette. Ekstra datainnhentingar og forsking i samband med covid-19-pandemien har bidrege med ny kunnskap.

Som ein del av oppfølginga av strategien Barnehagen for en ny tid. Nasjonal barnehagestrategi mot 2030, vil regjeringa setje i gang ein heilskapleg gjennomgang av system for kvalitet i barnehagen (KiB) i samarbeid med partane. Gjennomgangen skal sjå på kva slags støtte barnehagane, barnehageeigarane og kommunen som barnehagemyndigheit treng i arbeidet med kvalitetsutvikling. Gjennomgangen skal òg sjå på kva for kunnskapsgrunnlag lokale og nasjonale styresmakter treng når dei skal vurdere og utvikle kvaliteten i barnehagane, og korleis ein skal utvikle og innhente dette. Verkemidla må møte behova i barnehagetilbodet til samiske barn.

Utdanningsdirektoratet gjennomfører kvart år ei foreldreundersøking som kan nyttast av dei barnehagane som ønsker det.

Strategi for kompetanse og rekruttering mot 2025

Hausten 2022 la departementet fram ein revidert og oppdatert kompetansestrategi som gjeld for perioden 2023–25. Strategien skal bidra til at alle tilsette skal få høve til kompetanseutvikling. Regjeringa har som mål at minst 50 pst. av dei tilsette er barnehagelærarar innan 2025, og at fleire styrarar og barnehagelærarar har mastergrad. I barnehagestrategien tydeleggjer regjeringa at ho vil jobbe for at barnehagelærarane utgjer minst 60 pst. av dei tilsette i barnehagen innan 2030.

Barnehagelærarane er spesielt utdanna for å sikre eit systematisk pedagogisk arbeid. Kvaliteten i barnehagane blir styrkt når det er fleire barnehagelærarar. Både styraren og barnehagelærarane må ha fagleg og analytisk-metodisk kompetanse til å gjennomføre systematisk vurdering av barnehagens praksis, og i tillegg kompetanse til å utvikle og endre denne praksisen. Ein større prosentdel barnehagelærarar med mastergrad vil òg medverke til å styrke kvalitetsutviklinga i barnehagane.

Regjeringa har dessutan eit mål om at minst 25 pst. av dei tilsette i barnehagen er barne- og ungdomsarbeidarar innan 2025. Ved å styrke den regionale ordninga for kompetanseutvikling vil regjeringa gjere det mogleg å prioritere lokalt at fleire tilsette tek fagbrev som barne- og ungdomsarbeidarar gjennom praksiskandidatordninga.

I 2022 blei 100 mill. kroner av veksten i dei frie inntektene til kommunane grunngitt med å legge til rette for fleire barnehagelærarar i grunnbemanninga, og dette skulle sjåast i lys av målet om at 50 pst. av dei tilsette i barnehagen skal vere barnehagelærarar innan 2025. Vidare blei veksten i dei frie inntektene til kommunane grunngitt med dei kostnadene kommunane hadde til auka grunnbemanning og fleire pedagogar dei siste åra.

Styrking av kompetanseutviklingstiltaka i barnehagen

Departementet foreslår å løyve over om lag 790 mill. kroner til kompetanseutvikling i barnehagen i 2024, jf. omtalen under kap. 231, post 21. Revidert kompetansestrategi må òg sjåast i samanheng med den langsiktige barnehagestrategien mot 2030, som regjeringa la fram i januar 2023.

Regjeringa har styrkt vidareutdanningstilbodet til barnehagelærarane og den regionale ordninga for kompetanseutvikling i barnehagen, som inngår i tilskotsordninga for lokal kompetanseutvikling, i tråd med kompetansestrategien. Tilskotsordninga gir støtte til kollektiv kompetanseutvikling med utgangspunkt i lokale vurderingar av kompetansebehov i barnehagar og skular, og gjennom partnarskap med universitet eller høgskule. Sjå nærare omtale under programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Sluttrapporten frå følgeevalueringa av kompetansestrategien (SINTEF 2022) viser til at koplinga mellom universitet og høgskular og barnehagane i regional ordning kan bidra til eit meir profesjonalisert kompetanseutviklingsarbeid i barnehagesektoren. Samstundes blir det peika på at det kan vere utfordrande å utvikle profesjonelle faglege fellesskap når ein tredel av dei tilsette ikkje har relevant utdanning.

Inntil 30 pst. av midlane til regional ordning kan mellom anna nyttast til at assistentar kan ta fagbrev på jobb eller gjennom praksiskandidatordninga. Midlane kan også nyttast til å sikre ein barnehagefagleg grunnkompetanse hos assistentar. Det er barnehageeigarane sitt ansvar å sørge for at desse får ei innføring i barnehagens samfunnsmandat, ansvar og innhald. Det er fastsett nasjonale rammer for barnehagefagleg grunnkompetanse, og det er utvikla eit interaktivt e-læringstilbod som vil vere gratis og tilgjengeleg for bruk frå hausten 2023.

Fagskuleutdanning i oppvekstfag er ei vidareutdanning for barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar med minimum fem års erfaring frå arbeid med barn i barnehage. Tiltaket gir høve til auka kompetanse innanfor tre område: barn med behov for særskild tilrettelegging, arbeid med språk, fleirspråklegheit og kulturell kompetanse og arbeid med dei yngste barna (0–3 år) i barnehagen.

Den nasjonale leiarutdanninga og dei modulbaserte vidareutdanningane for styrarar bidreg til å styrke leiarkompetansen i barnehagane. Studia er på masternivå.

Departementet er i gang med å utvikle eit heilskapleg system for kompetanse- og karriereutvikling for barnehage og opplæring, som etter planen skal starte opp hausten 2025 med vidare planar for oppfølging. NOU 2022: 13 Med videre betydning, som vart lagd fram hausten 2022, og høyringa til denne vil vere eit viktig kunnskapsgrunnlag i dette arbeidet. Sjå nærare omtale under kap. 07.20 Grunnopplæringa.

Behov for fleire barnehagelærarar

Høg kvalitet i barnehagelærarutdanninga (BLU) er ein føresetnad for å sikre kompetansen til barnehagelærarane. Barnehagelærarutdanninga har rekrutteringsutfordringar. Søkartala våren 2022 viste ein nedgang på 25,6 pst. Nedgangen heldt fram i 2023 med 16,5 pst. Dette er ein større nedgang enn dei andre lærarutdanningane. Departementet vil sjå nærare på nedgangen i rekrutteringa til barnehagelærarutdanninga og vurdere kva som kan gjerast for å snu trenden. Departementet vil mellom anna styrke det nasjonale rekrutteringsarbeidet og følge opp stortingsvedtaket om å lage ein strategi for å auke rekrutteringa av lærarar, som må sjåast i samanheng med eit nytt system for kompetanse- og karriereutvikling og profesjonsmeldinga (oppmodningsvedtak 690). Rammeplanen for barnehagelærarutdanninga blei revidert i 2022, og ny forskrift tok til å gjelde 1. januar 2023. Den reviderte rammeplanen er meir fleksibel og gir institusjonane større handlingsrom til å utvikle praksisnær barnehagelærarutdanning. Ei av endringane er at kravet om at pedagogikkfaget skal vere ein del av alle kunnskapsområda, er teke ut. Det er også frigjort 20 studiepoeng som institusjonane sjølv kan disponere der dei ser behov.

Regjeringa vidarefører midlar til auka kvalitet i barnehagelærarutdanninga. Gode barnehagelærarar er ein nøkkel til god pedagogisk kvalitet i barnehagane. Det er derfor viktig med ei barnehagelærarutdanning som har høg kvalitet, og som er godt forankra i forsking og nær knytt til praksisfeltet. Ei tydeleg satsing på BLU vil også bidra til rekruttering og vere eit svar på låge søkartal.

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) er eit tilbod til erfarne assistentar og barne- og ungdomsarbeidarar som ønsker å utdanne seg til barnehagelærar. Undersøkingar har vist at barnehagelærarar som har teke ABLU, i større grad blir verande i yrket. Regjeringa vil vidareføre denne moglegheita til å kombinere jobb og studium, fordi det bidreg til å rekruttere studentar som ikkje ville valt heiltidsutdanning.

Eit viktig tiltak for å bidra til at barnehagelærarane blir i yrket, er å gi rettleiing til nyutdanna nytilsette lærarar. Regjeringa samarbeider med partane for å medverke til at fleire nyutdanna nytilsette lærarar får rettleiing.Dette arbeidet vil inngå i oppfølginga av NOU 2022: 13 Med videre betydning Et helhetlig system for kompetanse- og karriereutvikling i barnehage og skole. Sjå nærare omtale i kap. 07.20 Grunnopplæringa.

Styring og finansiering av private barnehagar

Strategien Barnehagen for en ny tid. Nasjonal barnehagestrategi mot 2030 konkretiserer regjeringa sine politiske mål for sektoren og varslar ein gjennomgang av regelverket for finansiering og styring av barnehagesektoren i løpet av 2023. Eit modernisert styrings- og finansieringssystem skal setje barna i sentrum og bidra til å rette merksemda mot kvalitetsutvikling i barnehagane.

Noreg skal ha både private og kommunale barnehagar og ein desentralisert barnehagestruktur. Regjeringa er oppteken av at det skal vere eit mangfald av barnehagar å velje mellom. Regjeringa meiner at dagens styrings- og finansieringssystem går ut over den samla kvaliteten i barnehagetilbodet. Systemet fungerer ikkje godt nok verken for private barnehagar eller for kommunane, og sektoren har lenge etterspurt endringar. I barnehagestrategien har regjeringa fleire mål for eit nytt styrings- og finansieringssystem. Regjeringa vil at alle barn skal ha tilgang til likeverdige tilbod av høg kvalitet, og at kommunen skal få meir demokratisk styring og kontroll med barnehagesektoren. Dette skal bidra til å styrke barnehagens rolle i å jamne ut sosiale skilnader og sikre at offentlege tilskot og foreldrebetaling går til drift av barnehagar og stimulerer til mangfald og kvalitetsutvikling over tid. Private barnehagar skal vere ein naturleg del av det kommunale velferdstilbodet, ikkje eit investeringsobjekt for kommersielle interesser. Kommunane skal få større høve både til å prioritere små privateigde og ideelle barnehagar og til å bestemme finansieringa og krav til alle barnehagar.

Gjennomgang av regelverket

Gjennomgangen av regelverket bygger på eit solid kunnskapsgrunnlag og faglege råd, mellom anna frå velferdstenesteutvalet (NOU 2020: 13) og det partssamansette Storberget-utvalet (2021). Begge utvala peika på at kommunane bør få meir ansvar for finansieringa og styringa av sektoren. Dagens regelverk er tilpassa ei tid då utbygging av plassar var hovudprioriteringa, og gir private barnehageeigarar sterke rettar. Det er lagt mindre vekt på rom for lokale prioriteringar og kommunens høve til å styre sektoren, og at ulike barnehagar har ulikt finansieringsbehov ut frå storleik, kvar dei ligg, behova til barnegruppa og så vidare. Dei siste åra er kommunens behov for å tenke samla om alle barn i kommunen forsterka. Ein forventar tidleg innsats i barnehagen og betre koordinerte tenester på tvers av sektorar. For å oppnå dette må også private barnehagar vere ein naturleg del av velferdstilbodet i kommunane, og regelverket må gi kommunane handlingsrom og ansvar. Foreldre skal framleis få søke på dei barnehagane dei ønsker, så vil kommunen organisere opptaket, slik dei gjer i dag. Eit samla forslag til endringar i regelverket vil bli sendt på brei offentleg høyring i løpet av hausten 2023.

Krav om at kvar barnehage skal vere eit eige rettssubjekt

Frå 1. januar 2023 skal private barnehagar vere eit eige rettssubjekt, og det er forbod mot å drive anna verksemd i same selskap som barnehagen. Kvar barnehage må etter dei nye reglane vere eit eige selskap som leverer fullstendig rekneskap. Ordinære barnehagar med færre enn 30 barn, familiebarnehagar med færre enn ti barn og opne barnehagar som er berre éin eining, er unnatekne dette kravet. Utdanningsdirektoratet og statsforvaltaren gir rettleiing om det nye regelverket. Departementet har vore i kontakt med einskilde barnehageeigarar som synest at overgangen til eige rettssubjekt er krevjande. Departementet ser at overgangen blir særleg utfordrande for barnehagar eigde av sokn i Den norske kyrkja på grunn av dei særskilde reguleringane som gjeld for dei. Departementet vil derfor sende på høyring forslag om at desse barnehagane blir unnatekne kravet om eige rettssubjekt. Departementet vil fortsette å følge med på implementeringa av det nye regelverket.

Kap. 231 Barnehagar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

558 258

788 994

835 421

63

Tilskot til tiltak for å styrke språkutviklinga blant minoritetsspråklege barn i barnehage

144 549

204 278

217 765

66

Tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn

17 342

22 008

23 460

70

Tilskot til symjing i barnehagane

71 652

74 283

74 889

Sum kap. 231

791 801

1 089 563

1 151 535

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Midlane på posten skal medverke til å heve kvaliteten på barnehagetilbodet i både kommunale og private barnehagar. Midlane finansierer ei rekke kompetansetiltak for alle grupper tilsette. Vidare blir midlane nytta til andre kvalitetstiltak, tilretteleggingsmidlar til barnehageeigarar som har tilsette som deltek i studietilbod, auka kunnskapsgrunnlag om barnehagen og forvaltning av ulike tiltak. Utdanningsdirektoratet har i stor grad ansvaret for å forvalte midlane og gjennomføre tiltaka. Delar av løyvingane på post 21 dekker utgifter til lønn og administrasjon i Kunnskapsdepartementet, mellom anna for klagesaksbehandlinga i samband med økonomisk tilsyn med private barnehagar, og løn og administrasjon i Utdanningsdirektoratet og hos eventuelle andre statlege aktørar som har ansvar og delansvar for å drifte dei ulike prosjekta og tiltaka.

Mål for 2024

Å auke kvaliteten på barnehagetilbodet og få meir kunnskap om barnehagen.

Resultat i 2022

Samla blei det nytta 558,3 mill. kroner over posten i 2022. Av dette gjekk 465,8 mill. kroner til kompetansetiltak for tilsette i barnehagane for å følge opp strategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2018–2022.

Oppfølging av kompetansestrategien

Departementet legg til grunn at kompetansetiltak for alle grupper tilsette medverkar til høgare kvalitet på barnehagetilbodet, og at tiltaka er viktige verkemiddel i arbeidet med å utvikle praksisen i barnehagen i samsvar med rammeplanen. Tabell 4.20 gir ei oversikt over dei ulike kompetansetiltaka som er ein del av kompetansestrategien.

Tabell 4.20 Fordeling av midlar til oppfølging av kompetansestrategien for barnehagar i 2022

(i mill. kr)

Type kompetansetiltak

Beløp

Den regionale ordninga for kompetanseutvikling

210,7

Vidareutdanning for barnehagelærarar, tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk og rettleiarutdanning for praksislærarar, inkludert tilretteleggingsmidlar

113,9

Auka pedagogtettleik i utsette byområde

50,0

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) – fire kull som går over fire skuleår – midlar til studieplassar

26,6

Leiarutdanning for barnehagestyrarar

50,7

Fagskuleutdanning i oppvekstfag – tre kull som går over to skuleår

8,2

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

5,7

Totalt

465,8

Den regionale ordninga for kompetanseutvikling

I 2022 gjekk 210,7 mill. kroner til den regionale ordninga for kompetanseutvikling som statsforvaltarembeta har ansvaret for å administrere.

Av dette blei om lag 156,8 mill. kroner nytta til barnehagebaserte kompetansetiltak. Dei fleste barnehagane i Noreg deltek eller har delteke i barnehagebaserte kompetansetiltak i 2022 og tidlegare. Dei fleste tiltaka har vore innanfor dei fire satsingsområda i kompetansestrategien:

  • barnehagen som pedagogisk verksemd

  • kommunikasjon og språk

  • eit inkluderande miljø for omsorg, leik, læring og danning

  • verdigrunnlaget til barnehagen

Dei resterande 53,9 mill. kronene blei nytta til anten tilretteleggingsmidlar for lokal prioritering (1 578 deltakarar), fagbrev gjennom praksiskandidatordninga (19 deltakarar i tre fylke), kompetansehevingsstudiar for assistentar og barne- og ungdomsarbeidar (78 deltakarar i tre fylke) eller barnehagefagleg grunnkompetanse for assistentar utan kompetanse og erfaring frå barnehage (676 deltakarar i fire fylke).

Tilsette i barnehagen deltek òg i kompetanseløftet i spesialpedagogikk og inkluderande praksis. Sjå nærare omtale under kap. 226 post 21.

Vidareutdanning for barnehagelærarar, tilleggsutdanning i barnehagepedagogikk og rettleiarutdanning for praksislærarar, inkludert tilretteleggingsmidlar

I 2022 fekk 1047 barnehagelærarar og andre pedagogar som søkte tilleggsutdanning for å kvalifisere seg til arbeid som pedagogisk leiar, tilbod om vidareutdanning. I 2022 kunne barnehagelærarar for første gong søke studietilbod utanfor Utdanningsdirektoratets studiekatalog gjennom ordninga. Spesialpedagogikk var blant faga som vart prioritert i direktoratets søknadsbehandling. 217 barnehagelærarar fekk tilbod om vidareutdanning i spesialpedagogikk, der 159 hadde søkt tilbod i studiekatalogen og 58 hadde søkt tilbod utanfor katalogen. Deltakarundersøkinga frå 2022 viser at deltakarane var motiverte for å delta på studium. Undersøkinga viser òg at barnehagelærarar som har delteke på vidareutdanninga, meiner at kvaliteten på studiet var god, og at utdanninga har gitt godt fagleg utbyte som har medverka til å utvikle pedagogisk praksis i barnehagen.

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU)

Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) er eit tilbod til assistentar og barne- og ungdomsarbeidar som ønsker å utdanne seg til barnehagelærar. Tiltaket er retta mot barnehagelærarar i Rogaland, Oslo og Viken. Deltidsstudiet går over fire år, samstundes som deltakarane jobbar i barnehage. Tiltaket er forankra i kompetansestrategien. Det var 267 deltakarar fordelt på fire kull i 2022.

Leiarutdanning for barnehagestyrarar

I 2022 blei det nytta 50,7 mill. kroner til leiarutdanning for barnehagestyrarar. Dette inkluderer både den nasjonale leiarutdanninga for barnehagestyrarar og dei modulbaserte vidareutdanningane for styrarar. Modulane er felles med skuleleiarane og blei sett i gang i 2021. Av totalen blei 13,2 mill. kroner nytta til modulane i 2022. Tilboda legg vekt på å styrke og gjere styraren trygg i rolla som leiar. Deltakarundersøkingane frå NIFU og evalueringa frå Fafo viser at deltakarane har nytte av studiet i eigen kvardag. Betydninga av studiet ser ut til å vare over tid, og styrarane opplever at studiet har betydning for evna til å utvikle barnehagen.

Fagskuleutdanning i oppvekstfag – tre kull som går over to skuleår

Fagskulane rapporterte at det var utfordrande å rekruttere deltakarar til studiet på grunn av koronasituasjonen. Det var 103 deltakarar i 2022. Det blei inngått avtalar med to nye fagskular om gjennomføring av studium innanfor tre fagområde i perioden frå våren 2022 til og med hausten 2023.

Rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar

Tiltaket er samordna med rettleiing av nyutdanna nytilsette lærarar i skulen, sjå rapport for tiltaket under kap. 226, post 21.

Auka pedagogtettleik i utsette byområde

Som eit ledd i målet om å auke til 50 pst. barnehagelærarar er det oppretta eit eige øyremerkt tilskot for å auke pedagogtettleiken i levekårsutsette område. Kommunane Oslo, Drammen, Stavanger, Bergen og Trondheim mottek tilskot. I 2022 fekk dei fem kommunane samla sett 50 mill. kroner for 14 200 barn i dei aktuelle områda. Tilskotet kan nyttast til å auke prosentdelen av barnehagelærarårsverk i dei aktuelle bydelane/områda. Sekundært kan tilskotet bidra til auka grunnbemanning dersom det er vanskeleg å rekruttere barnehagelærarar.

Andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet

I 2022 blei det nytta om lag 92,5 mill. kroner på posten til andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet, sjå nærare omtale i tabell 4.21 om fordeling av midlar til andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet.

Tabell 4.21 Fordeling av midlar til andre tiltak for å auke kvaliteten på barnehagetilbodet i 2022

(i mill. kroner
Type tiltakKort om tiltaketBeløp

Kunnskapsgrunnlaget

System for å følge med på og betre kvaliteten i barnehagesektoren, inkludert statistikkinnhenting, analysar og forsking. Omfattar mellom anna foreldreundersøkinga, ståstadsanalysen, kostnadsanalysen, forsking på covid-19-pandemien i barnehagane, evaluering av implementeringa av rammeplanen, LÆRERMOD, rapportar knytte til regulering av private barnehagar o.a.

15,5

Støtte til bruk av rammeplanen

Midlar blei nytta til å vidareutvikle støtte- og rettleiingsressursar og kompetansepakkar til arbeidet barnehagane gjer med å utvikle praksis i samsvar med rammeplanen.

4,9

Pilot om rettleiing av barnehageeigarar for å styrke barnehagekvaliteten

OsloMet leiar dette tredelte oppdraget: 1) samanstilling av forsking på barnehagekvalitet med vekt på eigarrolla, 2) rettleiing av 31 eigarar, 3) vurdering rundt kriteriesett for å identifisere eigarar som treng bistand.

5,0

Inkluderande barnehagemiljø

Midlane gjekk i 2022 til Læringsmiljøprosjektet, der det no er like mange deltakarar frå barnehage som frå skule. Midlane blei også brukte til den siste puljen i «Inkluderande barnehage og skulemiljø, samlingsbasert tilbod». Den digitale kompetansepakken om trygt og godt barnehagemiljø blei også publisert i heilskap. Dette er tilbod som gir støtte til tilsette, leigarar og eigarar i arbeidet med å utvikle eigen kompetanse om det som bidreg til å fremje eit trygt og godt miljø og førebygge mistrivsel og krenkingar.

9,0

Kvensk barnehagetilbod

Midlane gjekk til språkprosjekt i barnehagar for å gi kvenske/norsk-finske barn høve til å lære og utvikle det kvenske språket i tidleg alder. Prosjekta har bidrege til at stadig fleire barn blir introduserte for det kvenske språket i tidleg alder, noko som er positivt for å rekruttere elevar som vil ta kvensk som fag i skulen.

0,5

Støtte til samiske formål

Midlane gjekk til statsforvaltarens arbeid med å støtte samiske barnehagar og samisk innhald i barnehagen.

0,9

Anna

Midlar til oppbygging av ei eining for tilsyn med private barnehagar, til statsforvaltarane for tilsyn, til klagebehandling, til utvikling av sektoren og anna.

56,8

Totalt

92,5

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 835,4 mill. kroner på posten til ulike tiltak for kvalitetsutvikling i barnehagesektoren og innhenting av kunnskap. Departementet foreslår følgande flyttingar av midlar til og frå posten:

  • 214 000 kroner frå posten til kap. 1620, post 01 til rammeoverføring av Kunnskapsdepartementets løyvingar til offisiell statistikk til SSB

  • 750 000 kroner frå posten til kap. 200, post 01 som følge av fleire oppgåver knytt til tryggleik og beredskap i departementet.

Tabell 4.22 Budsjettforslag for 2024 kap. 231, post 21

(i mill. kr)

Type tiltak

Kort om tiltaket

Beløp

Tiltak for å følge opp kompetansestrategien og strategien Barnehagen for en ny tid

Kompetansetiltak retta mot ulike tilsette i barnehagane. Løyvinga gjer rom for å tilby vidareutdanning til om lag 1 850 barnehagelærarar.

393

Regional ordning for kompetanseutvikling

Ordninga inngår i tilskotsordning for lokal kompetanseutvikling i barnehage og grunnopplæring og skal støtte den kollektive kompetanseutviklinga i barnehagen. Ordninga er omtalt i strategien Kompetanse for fremtidens barnehage. Revidert strategi for kompetanse og rekruttering 2023–2025

260

Auka pedagogtettleik i utsette byområde

Som eit ledd i målet om å auke til 50 pst. barnehagelærarar blei det i 2022 oppretta eit eige øyremerkt tilskot for å auke pedagogtettleiken i levekårsutsette område.

80

Auka kvalitet i barnehagelærarutdanninga (BLU)

Midlar til å gjere lærarutdannarar ved universitet/høgskular og i barnehagen i stand til å utvikle BLU til den tverrfaglege, krevjande utdanninga som var intensjonen med reforma i 2012/2013.

50

Utviklingsmidlar til statsforvaltarane

Midlar til oppfølging av kompetansestrategien for barnehage med vekt på det arbeidet statsforvaltarane gjer med regional ordning for kompetanseutvikling.

10,9

Inkluderande barnehagemiljø

Dette er tiltak som skal bidra til at barn har trygge og gode barnehagemiljø. Det må sjåast i samanheng med midlar over kap. 226, post 21.

10,3

Tilsyn og klagebehandling hos statsforvaltarane

Statsforvaltarane har faste tilsynsoppgåver som følger av barnehagelova. Det inneber å føre tilsyn direkte med einskilde barnehagar dersom det viser seg at kommunens tilsyn ikkje fungerer etter intensjonen.

9

Økonomisk tilsyn med private barnehagar

Utviklingsmidlar til det nye nasjonale tilsynet som blei oppretta 1. januar 2022.

4

Kvensk barnehagetilbod

Midlar til språkprosjekt i barnehagar for å gi kvenske/norsk-finske barn sjansen til å lære og utvikle det kvenske språket sitt i tidleg alder.

0,8

Anna

Kunnskapsgrunnlag, støtteressursar til rammeplanen o.a.

17,4

Totalt

835,4

Midlane på posten skal nyttast til ulike tiltak i samsvar med målet for posten. Utdanningsdirektoratet får fullmakt til å vurdere disponeringa av midlane på posten i samråd med departementet, innanfor den ramma som er foreslått over, og i samsvar med tiltaka i kompetansestrategien og andre prioriterte område. Regjeringa vil etablere fleire vidareutdanningsplassar i universitets- og høgskulesektoren. Dersom det ikkje er mogleg å etablere nok plassar, vil midlar i hovudsak bli omfordelte til regional ordning. Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

Post 63 Tilskot til tiltak for å styrke den språklege utviklinga blant minoritetsspråklege barn i barnehage

Utdanningsdirektoratet tildeler tilskotet til kommunar som oppfyller følgande to kriterium: at minst 10 pst. av barnehagebarna i kommunen er definerte som minoritetsspråklege, og at dette utgjer minst 50 barn. Definisjonen omfattar barn med ein annan språk- eller kulturbakgrunn enn norsk, samisk, svensk, dansk og engelsk. Kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet for posten.

Tidlegare heitte posten tilskot til «norskspråkleg utvikling». Det følger av rammeplanen at barnehagen skal fremje kommunikasjon og ei heilskapleg språkutvikling for barna. Namnet på posten blei derfor i 2023 endra til «Tilskot til tiltak for å styrke den språklege utviklinga blant minoritetsspråklege barn i barnehage».

Mål for 2024

Målet med tilskotsordninga er å styrke den språklege utviklinga for minoritetsspråklege barn i barnehage. I Prop. 1 S (2022–2023) blei det varsla at departementet ville sjå nærare på samanhengen mellom dette tilskotet og tilskotet over post 66 til tiltak for auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn. Utdanningsdirektoratet har hatt ei undersøking blant kommunane som har motteke tilskotet dei siste åra. Undersøkinga viser at så å seie alle kommunane som mottek tilskot, meiner at tilskotet i dag bidreg til måloppnåing. Departementet foreslår derfor ikkje store justeringar i postane i 2024. Fram mot 2025-budsjettet vil departementet sjå nærare på alternative fordelingskriterium som varetar måla med begge ordningane endå betre.

Resultat i 2022

Kommunane som oppfyller kriteria, får tilskot. I 2022 omfatta dette 116 kommunar med 44 327 minoritetsspråklege barn i barnehage, mot 118 kommunar med 44 165 barn i 2021. Kommunane har ikkje rapporteringsplikt for bruken av tilskotet.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 218 mill. kroner på posten i 2024.

Post 66 Tilskot til auka barnehagedeltaking for minoritetsspråklege barn

Midlane skal gå til informasjons- og rekrutteringsarbeid i kommunar som har særlege utfordringar med å få minoritetsspråklege barn til å begynne i barnehagen. Dei kommunane som får midlar, står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet. Kommunar med 80 eller fleire minoritetsspråklege barn som ikkje går i barnehage, får tilbod om å søke om tilskot.

Mål for 2024

Målet med tilskotsordninga er at fleire minoritetsspråklege barn skal få gå i barnehage. I Prop. 1 S (2022–2023) blei det varsla at departementet ville sjå nærare på samanhengen mellom dette tilskotet og tilskotet over post 63 til tiltak for å styrke den språklege utviklinga blant minoritetsspråklege barn i barnehage. Utdanningsdirektoratet har hatt ei undersøking blant kommunane som har motteke tilskotet dei siste åra. Undersøkinga viser at så å seie alle kommunane som mottek tilskot, meiner at tilskotet i dag bidreg til måloppnåing. Departementet foreslår derfor ikkje store justeringar i postane i 2024. Fram mot 2025-budsjettet vil departementet sjå nærare på alternative fordelingskriterium som varetar måla med begge ordningane endå betre.

Resultat i 2022

20 kommunar oppfylte kriteriet for tilskotet, og alle søkte om og fekk tilskot. Kommunane fekk innvilga tilskot for totalt 5 035 barn som ikkje gjekk i barnehage. Satsen per barn blei dermed 3 444 kroner. I 2021 fekk 18 kommunar tilskot for 5 259 barn, og satsen per barn var 3 297 kroner.

Kommunane står fritt til å bruke midlane slik det passar best lokalt for å nå målet, mellom anna til open barnehage, som er rekna som ein god rekrutteringsarena. Det er vanskeleg å seie om fleire minoritetsspråklege barn bruker barnehagen som følge av akkurat dette tilskotet, mellom anna fordi kommunane kan bruke midlane på mange ulike måtar, men også fordi det er mange faktorar som spelar saman når foreldre vel om barnet skal gå i barnehage. Sidan ordninga blei oppretta i 2018 har barnehagebruken blant minoritetsspråklege barn auka frå 80,3 pst. i 2017 til 86,2 pst. i 2022. Sjå meir statistikk i del III, kap. 7 Nøkkeltal for barnehagesektoren.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 23,5 mill. kroner på posten i 2024.

Post 70 Tilskot til symjing i barnehagane

Tilskotsordninga blir forvalta av statsforvaltarane og skal medverke til at kommunar, frivillige organisasjonar og barnehagar kan gjennomføre tiltak for å nå målet.

Mål for 2024

Det overordna målet med ordninga er at barnehagebarn i alderen 4–6 år skal bli trygge i vatnet, slik at dei får eit godt grunnlag for å lære å symje.

Resultat i 2022

Av ei løyving på 72,2 mill. kroner i 2022 blei 71,6 mill. kroner nytta til ordninga, og det blei tildelt midlar i alle fylke. Tilskotet gjorde at 37 200 barn fekk tilbod om symjeopplæring i barnehagetida, mot 33 300 barn i 2021.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 75 mill. kroner på posten i 2024.

Programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning

Utgifter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

240

Fagskular

1 176 737

1 249 623

1 459 322

16,8

241

Tiltak for høgare yrkesfagleg utdanning

41 872

23 354

24 648

5,5

242

Noregs grøne fagskule – Vea

38 183

32 757

35 281

7,7

Sum kategori 07.40

1 256 792

1 305 734

1 519 251

16,4

Inntekter under programkategori 07.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

3242

Noregs grøne fagskule – Vea

10 930

6 640

7 586

14,2

Sum kategori 07.40

10 930

6 640

7 586

14,2

Innleiing

Fagskulane skal kunne svare raskt på nye kompetansebehov og bidra til å tette kompetansegap i arbeidslivet. I samsvar med lov om høyere yrkesfaglig utdanning (fagskulelova) skal fagskulane gi kompetanse som kan takast i bruk for å løyse oppgåver i arbeidslivet utan ytterlegare opplæringstiltak. Fagskulane er viktige i arbeidet med livslang læring og tilgang til utdanning i heile landet. Regjeringa vil derfor styrke satsinga på høgare yrkesfagleg utdanning.

Følgande overordna mål er særleg relevante for løyvingane under programkategori 07.40:

  • Kompetanseheving og livslang læring er meir tilgjengeleg for alle over heile landet

  • Kunnskapssektoren har tilbod av høgare kvalitet

  • Opplæring og utdanning som gir fleire relevant kvalifisering

  • Medarbeidarar i kunnskapssektoren har meir relevant kompetanse

Høgare yrkesfagleg utdanning kan spele ei endå viktigare rolle i å møte kompetansebehov framover, men det krev at politikken på området blir utvikla vidare. Regjeringa har derfor starta arbeidet med ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning. Meldinga vil mellom anna ta for seg utvikling av fagskulesektoren, kvalitet og relevans i fagskuleutdanningane, i tillegg til akkreditering og finansiering av fagskulane.

I 2023 har det kome ny kunnskap om høgare yrkesfagleg utdanning som vil vere viktig i arbeidet med meldinga til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning. Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU) har lagt fram kandidatundersøkinga med tittelen Høy arbeidsmarkedsrelevans i fagskoleutdanningene. Kunnskapsdepartementet har i 2020 sett i gang ei evaluering av innføringa og verknaden av tiltaka i Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning, jf. oppmodingsvedtak nr. 643, 2. mai 2017 i del 1. Deloitte har gjennomført evalueringa, og sluttrapporten frå evalueringa er lagd fram. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) har lagt fram den siste rapporten om evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR).

Hovudprioriteringar for 2024

Regjeringa vil at fleire skal ta høgare yrkesfagleg utdanning, og foreslår 21,5 mill. kroner til halvårseffekt av 500 nye studieplassar til fagskulane frå hausten 2024. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80. Utdanningar innanfor tekniske fag, helse- og velferdsfag og område som er særleg viktige for det grøne skiftet, skal prioriterast ved tildeling av midlar til dei nye studieplassane, jf. Meld St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge.

Regjeringa foreslår å løyve 43 mill. kroner for å vidareføre og trappe opp opptaket til 500 studieplassar som Stortinget har løyvd midlar til i statsbudsjettet for 2023.

Vidare foreslår regjeringa å styrke tilskotsordninga for driftsmidlar til fagskulane med 21,6 mill. kroner. Dette er midlar som er overførte frå tilskotsordninga for fleksibel og desentralisert utdanning, som blir avvikla, jf. omtalen i programkategori 07.60.

Som ei følge av den store auken i talet på fagskulestudentar dei siste åra er det behov for midlar for å kunne vidareføre og sikre kvaliteten og relevansen i høgare yrkesfagleg utdanning. Regjeringa foreslår derfor ein auke på 10 mill. kroner i tilskotsordninga for utviklingsmidlar til fagskulane. Vidare foreslår regjeringa å overføre 9,7 mill. kroner til tilskotsordninga for utviklingsmidlar frå program for maritim kompetanse, som blir avvikla, jf. omtalen i programkategori 07.60.

Kapasitet i høgare yrkesfagleg utdanning

Samfunnet treng fleire fagskulekandidatar

Det har vore ein sterk vekst i talet på fagskulestudentar dei siste åra, men veksten har flata ut i 2022. Hausten 2022 var det registrert nesten 28 000 fagskulestudentar, ifølge Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2023, som er utarbeidd av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). I 2022 var det om lag 1 800 færre studentar på korte tilbod under 60 studiepoeng enn i 2021, medan talet på studentar på tilbod mellom 60 og 120 studiepoeng har auka med nesten 1 200 studentar. Nedgangen i talet på studentar på dei korte utdanningstilboda heng saman med at desse tilboda fekk mange studentar under covid-19-pandemien.

Figur 4.3 Utvikling i talet på fagskulestudentar per fagområde, 2018–2022

Figur 4.3 Utvikling i talet på fagskulestudentar per fagområde, 2018–2022

Kjelde: Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2023

Talet på avlagde studiepoeng har halde fram med å stige frå 2021 til 2022, noko som heng saman med kraftig vekst i studenttalet i åra før. Talet på studentar i tekniske fag og helse- og velferdsfaga har halde fram med å vekse frå 2021 til 2022, medan det i økonomi- og administrasjonsfaga, samferdselsfaga og kreative fag har vore ein nedgang. Det er ein relativ stor del korte utdanningstilbod innanfor økonomi- og administrasjonsfaga.

Etterspurnaden etter fagskuleutdanna er stor i arbeidslivet, og den er større enn tilgangen på arbeidskraft med høgare yrkesfagleg utdanning, ifølge Kompetansebehovsutvalets rapport Fremtidige kompetansebehov: Høyere yrkesfaglig utdanning for et arbeidsliv i endring frå 2022. I rapporten slår utvalet fast at høgare yrkesfagleg utdanning har gode føresetnader for å møte ein stigande etterspurnad etter kompetanse driven av trendar, som til dømes IKT-utdanningar og tilbod retta mot grøne næringar, i tillegg til helse- og velferdsfag.

NHOs kompetansebarometer 2022 viser at 53 pst. av NHO-bedriftene etterspør fagskuleutdanna. Det er det nest mest etterspurde utdanningsnivået, etter vidaregåande opplæring med yrkesfaglege utdanningsprogram. Ifølge bedriftene har dei størst behov for naturvitskaplege fag, handverksfag og tekniske fag.

Kandidatundersøkinga til NIFU frå 2023 finn at arbeidslivsrelevansen i fagskuleutdanningane er stor. Kandidatane får i stor grad relevante jobbar etter utdanninga, og ein stor del av fagskulestudentane kombinerer utdanning med arbeid. Av fagskulekandidatane som gjekk ut i 2019 og 2020, var 88 pst. yrkesaktive i 2021, medan berre 2 pst. opplyste at dei var arbeidsledig. Ifølge NIFU kjem dette truleg av ein kombinasjon av ein god arbeidsmarknad og at fagskulekandidatane er etterspurde og godt integrerte i arbeidsmarknaden.

Fleire studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning

Regjeringa ønsker at kapasiteten i høgare yrkesfagleg utdanning skal halde fram med å vekse, og foreslår derfor midlar til 500 nye studieplassar frå hausten 2024. Midlar til nye studieplassar til fagskulane skal fordelast på bakgrunn av lokale, regionale og nasjonale kompetansebehov og kapasitet i fagskulane. Fordelinga av studieplassar skal skje i eit samspel mellom arbeidsliv, fagskular og styresmakter for å sikre at nye studieplassar treffer kompetansebehova i arbeidslivet best mogleg.

Som det går fram av Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge, vil regjeringa at tekniske fag, helse- og velferdsfag og område som er særleg viktige for det grøne skiftet, skal prioriterast ved fordeling av midlar til nye studieplassar. Utsynsmeldinga peikar på at fagskulane er særleg eigna til å svare på nye kompetansebehov som følger av megatrendar som klima- og miljøutfordringane. Meldinga viser også til at nye studieplassar ved fagskulane vil gi fylkeskommunane høve til å dekke behovet for utdanningstilbod som følger av nye industrisatsingar og andre kompetansebehov som er relevant for det grøne skiftet i eigne regionar.

Tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning

Det er behov for fagskuletilbod i heile landet

Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2023 viser at det hausten 2022 var 170 studiestadar ved dei 58 offentlege og private fagskulane. Studiestadane er spreidde over heile landet, og utdanningane er godt tilpassa yrkesfagutdanningar i vidaregåande opplæring. Slik kan fagskulane bidra til gode utdanningsvegar for fagarbeidarar.

Over halvparten av fagskulestudentane er 30 år eller eldre, og om lag 70 pst. av fagskulestudentane studerer på deltid. I 2022 hadde 60 pst. av fagskulestudentane nettbasert eller nett- og samlingsbasert undervisning. Prosentdelen nettbaserte utdanningstilbod har auka dei siste åra. Utviklinga med meir nettbasert undervisning har skote fart under covid-19-pandemien, og fagskulane har vore gode til å tilpasse seg behov og etterspurnad. Utviklinga med meir nettbasert undervisning gjer at utdanninga blir meir attraktiv og tilgjengeleg for folk i arbeid uavhengig av kvar dei bur.

Ifølge Fremtidige kompetansebehov: Høyere yrkesfaglig utdanning for et arbeidsliv i endring meiner Kompetansebehovsutvalet at nettbasert og samlingsbasert undervisning framleis bør vere sentralt i høgare yrkesfagleg utdanning for å nå breiare ut geografisk. Dei vektlegg at dette må vere basert på etterspurnad, og at nett- og samlingsbasert undervisning ikkje må gå ut over arbeidslivsrelevans og praksisnærleik.

Fagskulane må vere synlege og tilgjengelege for dei som vil søke utdanning, og derfor må dei offentlege fagskulane vere med i det samordna opptaket. Dei private fagskulane kan velje om dei vil vere med i Samordna opptak, og dei fleste er ikkje med.

Tiltak for å utvikle nye fagskuletilbod

Regjeringa legg vekt på at høgare yrkesfagleg utdanning skal vere tilgjengeleg i heile landet. Fagskulane skal bidra til at arbeidslivet får nødvendig kompetanse. Dei skal tilby og utvikle fleksible og tilgjengelege utdanningar, slik at dei som er i arbeid, kan oppdatere og utvikle kompetansen sin.

Fagskulane kan søke om midlar til å utvikle nye utdanningstilbod gjennom tilskotsordningane for utviklingsmidlar til fagskulane og treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling. Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling er ei av ordningane i Kompetanseprogrammet. Sjå omtalen av Kompetanseprogrammet under programkategori 07.50.

Fagområdeakkreditering gir fagskulen høve til sjølv å opprette nye utdanningar og gjere endringar i eksisterande utdanningar innanfor det akkrediterte fagområdet. Per 15. september har tolv fagskular akkreditering for til saman 22 fagområde. Ein fagskule som får akkreditert eit fagområde, har vist at kompetanse og rutinar er på plass, slik at fagskulen sjølv er i stand til å akkreditere utdanningar innanfor fagområdet. Dette bidreg til at fagskulane blir meir robuste, dei får større sjølvråderett til å legge planar for vidareutvikling og til å styre ressursane, og dei kan raskare omstille utdanningstilbodet ut frå behov i arbeidslivet. Det er derfor viktig at fleire fagskular arbeider for og oppnår fagområdeakkreditering. I tillegg vil dette kunne legge grunnlaget for vidare vekst i fagskulesektoren utan at kapasiteten NOKUT har til å akkreditere einskildutdanningar, blir pressa ytterlegare.

Fagskuletilbodet har auka dei siste åra. Det har ført til fleire søknader til NOKUT om akkreditering av fagskuleutdanningar frå 66 i 2017 til 118 i 2022. Regelverket for godkjenning av nye fagskuleutdanningar er etablert for å sikre kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning. Det kan ta lang tid å etablere nye studietilbod når mange fagskular søker NOKUT om godkjenning samstundes. Departementet har sendt på høyring eit forslag om å endre fagskulelova. Forslaget opnar for at fagskular kan søke NOKUT om institusjonsakkreditering, noko som inneber at fagskulane sjølv vil kunne akkreditere høgare yrkesfaglege utdanningstilbod innanfor alle fagområda.

I 2023 har NOKUT fått ei særskild tildeling av midlar for å arbeide med mellom anna institusjonsakkreditering i høgare yrkesfagleg utdanning og for å handtere restansen av søknader om akkreditering av nye fagskuleutdanningar.

Relevant høgare yrkesfagleg utdanning

Fagskulane må gi studentane relevant kompetanse av høg kvalitet

Som det går fram av Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge, viser framskrivingane at det framover vil vere færre i arbeidsfør alder enn i dag, og det kan bli vanskelegare å rekruttere arbeidskraft frå utlandet. Då blir det endå viktigare at utdanningstilboda passar til behova i samfunnet på best mogleg måte. Høgare yrkesfagleg utdanning er viktig for å tilføre arbeidslivet relevant kompetanse og gi folk i arbeid kompetanse tilpassa livssituasjonen deira. Høgare yrkesfagleg utdanning er derfor eit sentralt verkemiddel i utdannings- og kompetansepolitikken.

Det er mange faktorar som påverkar relevansen i høgare yrkesfagleg utdanning. Det gjeld mellom anna innhaldet i utdanningstilboda, samspelet med arbeids- og næringslivet og kompetansen til dei tilsette. Digitalisering og raske teknologiske endringar stiller krav til kontinuerleg endring i utdanningstilboda, slik at dei er relevante for studentane og arbeidslivet. Kandidatundersøkinga frå 2023 viser at 54 pst. av fagskulekandidatane meiner innhaldet i utdanninga stemmer godt med arbeidsoppgåvene dei har.

Fag- og sveinebrev er framleis det vanlegaste opptaksgrunnlaget til høgare yrkesfagleg utdanning, ifølge Tilstandsrapport for høgare yrkesfagleg utdanning 2023. Satsinga på høgare yrkesfagleg utdanning bidreg til å styrke moglegheitene for fagarbeidarar og gi dei sjansen til å oppnå ny og spesialisert kompetanse.

Høgare yrkesfagleg utdanning er generelt godt tilpassa behova i arbeidslivet, men dette gjeld i noko mindre grad for kreative fag og til ein viss grad også økonomiske og administrative fag, ifølge rapporten Fremtidige kompetansebehov: Høyere yrkesfaglig utdanning for et arbeidsliv i endring. Det er viktig at høgare yrkesfagleg utdanning klarer å nå målet om å vere tett på arbeidslivet og halde oppe kvaliteten, også når sektoren er i kraftig vekst. NOKUT har ansvar for å føre tilsyn med kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning, og fagskulane skal ha tilfredsstillande interne system for kvalitetssikring, jf. fagskulelova § 5.

Tiltak for ei meir relevant høgare yrkesfagleg utdanning av høg kvalitet

Frå 2017 har det blitt tildelt statlege tilskot til prosjekt som skal utvikle høgare yrkesfagleg utdanning, og midlane har mellom anna finansiert kompetansetiltak i fagskulane, utvikling av nye fagskuleutdanningar og investeringar i utstyr og infrastruktur. Regjeringa foreslår å styrke tilskotsordninga for utviklingsmidlar frå 2023 mellom anna som ei følge av den store auken i talet på fagskulestudentar dei siste åra.

I 2023 la Deloitte fram Evaluering av fagskolemeldingen, Måloppnåelse og virkninger av tiltak i fagskolemeldingen – sluttrapport. Denne rapporten viser mellom anna at den positive utviklinga fagskulesektoren har vore gjennom dei seinare åra, i stor grad kan kome av gjennomførte tiltak i fagskulemeldinga frå 2016. I tillegg har det vore auka merksemd om sektoren, noko som meldinga òg har bidrege til. Deloitte meiner at det bør arbeidast vidare for å identifisere formålstenlege og effektive samarbeidsformer og samarbeidsarenaer med relevant arbeids- og næringsliv for å sikre at høgare yrkesfagleg utdanning er godt tilpassa behova i arbeidslivet.

I 2021 gav Kunnskapsdepartementet NOKUT i oppdrag å evaluere nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR). NKR gjer greie for læringsutbyte for norske utdanningar og kvalifikasjonsnivå etter fullført utdanning. NOKUT har i 2023 levert rapporten Kvalifikasjonar på ramme alvor. NOKUT finn at NKR er eit verktøy for utdanningssektoren, men at NKR er lite kjent i arbeidslivet. Dei fleste utdanningsinstitusjonane er positive til NKR. Nokre universitet og høgskolar er kritiske til kvalifikasjonsrammeverket, og nokre fagskular ønsker endringar i strukturen til rammeverket. Studentane er godt kjende med læringsutbyteskildringar og bruker dei i studieval og eksamensførebuing. NOKUT tilrår mellom anna å gjere føremålet med rammeverket tydelegare, å justere strukturen og å opne for fleire kvalifikasjonar. Evalueringa er eit viktig kunnskapsgrunnlag for å vidareutvikle høgare yrkesfagleg utdanning.

I 2022 blei Fagskolen Rogaland og Fagskolen i Viken tildelt status som senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning. Målet med ordninga er å styrke statusen til høgare yrkesfagleg utdanning og stimulere til å utvikle framifrå kvalitet i utdanningane. Ei evaluering av forsøksordninga etter tre år vil vere grunnlag for å avgjere om ordninga skal vidareførast.

Kap. 240 Fagskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

60

Driftstilskot til fagskular

1 127 323

1 197 585

1 384 174

61

Utviklingsmidlar til fagskular, kan overførast

49 414

52 038

75 148

Sum kap. 240

1 176 737

1 249 623

1 459 322

Post 60 Driftstilskot til fagskular

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar ordninga for driftstilskot til fagskular. Direktoratet fordeler tilskotet til fylkeskommunane, som tildeler tilskot vidare til fylkeskommunale og private fagskuletilbod i eige fylke. Tilskotet til fylkeskommunane blir justert årleg ut frå oppnådde studiepoeng ved utdanningstilbod som har fått offentleg tilskot. Tilskotsordninga omfattar øyremerkt tilskot til nokre fagskular som mellom anna har nasjonalt nedslagsfelt og tidlegare var godkjende etter privatskulelova kap. 6A. Ordninga inkluderer òg midlar til vidareutdanningstilbod innanfor industri og bygg gjennom ordninga Industrifagskulen. Midlane blir fordelte av HK-dir etter søknad.

Det er viktig å sjå samanhengen mellom kompetansebehova i arbeidslivet og talet på fagskulekandidatar i helsefag. Kunnskapsdepartementet vil saman med Helse- og omsorgsdepartementet følge utviklinga for helsefaga i høgare yrkesfagleg utdanning gjennom mellom anna den årlege tilstandsrapporten for høgare yrkesfagleg utdanning, som blir utarbeidd av HK-dir, og vurdere tiltak ved behov.

Mål for 2024

Følgande mål gjeld for høgare yrkesfagleg utdanning som er omfatta av løyvinga over kap. 240, post 60:

  • Høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning

  • Relevant høgare yrkesfagleg utdanning som svarer på kompetansebehova i arbeidslivet

  • God tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning i heile landet

  • Effektiv og veldriven fagskulesektor

Resultat i 2022

Fylkeskommunane fekk til saman 1,1 mrd. kroner til å drifte fagskular i 2022. Tilskotet auka med 16,3 mill. kroner frå 2021 som følge av resultatbasert utteljing. 38,8 mill. kroner på posten var øyremerkt vidareutdanningstilbod i industri og bygg gjennom ordninga Industrifagskulen. HK-dir har vidareutvikla ordninga med Industrifagskulen etter dialog med sektoren og partane i arbeidslivet. Ordninga er frå 2022 lagt opp som ei treårig rammetildeling der sju fagskular skal tilby vidareutdanningstilbod i tett samarbeid med lokale og regionale bedrifter.

I 2022 fekk 39 fagskular driftstilskot over posten, og 27 av desse fagskulane er private. Rapporteringa som følger, gjeld utdanningstilboda som har fått midlar over posten.

Om lag 70 pst. av alle studentane følger utdanningstilbod som er heilt eller delvis finansierte av det statlege driftstilskotet. Talet på avlagde studiepoeng ved utdanningstilbod med driftstilskot held fram med å auke, og frå 2021 til 2022 var auken på 13 pst., mot 10 pst. året før. Delen av studentar som tek høgare yrkesfagleg utdanning på deltid, kan vise om fagskuletilboda er attraktive og tilgjengelege for folk i arbeid. Det same gjeld korleis undervisninga er organisert. Hausten 2022 var 80 pst. av fagskulestudentane på offentleg finansierte tilbod deltidsstudentar, same prosentdel som året før. 56 pst. av studentane følgde nett- og samlingsbasert undervisning.

Budsjettforslag for 2024

Regjeringa foreslår å løyve 1,4 mrd. kroner til drift av fagskular. I løyvinga inngår ein auke på 22,7 mill. kroner på bakgrunn av auke i studiepoeng som er oppnådde ved fagskuletilbod med offentleg tilskot i 2022. Løyvinga inkluderer 42,5 mill. kroner til ordninga Industrifagskulen.

For å få fleire til å ta høgare yrkesfagleg utdanning foreslår regjeringa 21,5 mill. kroner til 500 nye studieplassar til fagskulane frå hausten 2024. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80. I forslaget har departementet lagt til grunn finansiering av toårige studieplassar, og i 2024 er det lagt inn midlar til halvårseffekt for desse studieplassane. Utdanningar innanfor tekniske fag, helse- og velferdsfag og område som er særleg viktige for det grøne skiftet, skal prioriterast ved tildeling av midlar til dei nye studieplassane, jf. Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge.

Stortinget vedtok midlar til 500 nye studieplassar til fagskulane i statsbudsjettet for 2023. Regjeringa foreslår å løyve 43 mill. kroner for å vidareføre og trappe opp opptaket til desse studieplassane. I tillegg kjem utgifter til utdanningsstøtte over programkategori 07.80.

Forslaget omfattar å overføre 21,6 mill. kroner til tilskotsordninga for driftsmidlar til fagskulane frå tilskotsordninga for fleksibel og desentralisert utdanning. Overføringa inneber dermed ein tilsvarande reduksjon på kap. 272, post 72 under programkategori 07.60. Gjennom tilskotsordninga for driftsmidlar til fagskulane blir midlane fordelte pro rata mellom fylkeskommunane. Fylkeskommunane kan bruke midlane til å styrke driftstilskotet til fagskulane ved å auke satsane og/eller til å finansiere nye studieplassar. Sjå programkategori 07.60 for omtale av flytting av midlar frå program og tilskotsordningar forvalta av HK-dir.

Tilskotsordninga for driftsmidlar til fagskular omfattar øyremerkte tilskot til elleve fagskular og utdanningstilbod ved to andre fagskular. Desse fagskulane fekk inntil 2010 tilskot etter kap. 6A i privatskulelova. Ved overgangen til fagskulelova fekk skulane vidareført tilskotet, som tok utgangspunkt i talet på studentar ved den einskilde fagskulen. For utdanninga i bygg- og treteknikk ved Fagskulen Innlandet har tilskotet per student blitt svært høgt fordi det har vore færre studentar ved utdanninga dei siste åra. I samband med at Fagskolen Innlandet tok over ansvaret for fagskuleutdanninga ved Norges Byggskole, har Fagskolen Innlandet, som den einaste fylkeskommunale fagskulen, fått eit øyremerkt tilskot til drift frå 2015. Tilskotet på 5,9 mill. kroner til utdanninga bygg- og treteknikk blir frå 2024 innlemma i driftstilskotet som Innlandet fylkeskommune fordeler til fagskular i eige fylke. Fagskolen Innlandet kan søke Innlandet fylkeskommune om midlar til utdanninga bygg- og treteknikk på same måte som for andre fagskuleutdanningar.

Post 61 Utviklingsmidlar til fagskular, kan overførast

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar tilskotsordninga for utviklingsmidlar til fagskulane. Fagskular kan søke om tilskot til tiltak og utviklingsprosjekt som skal auke kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning og sikre godt samsvar mellom utdanningstilboda og den kompetansen som arbeidslivet etterspør.

Mål for 2024

Høg kvalitet i utdanningstilboda og godt samsvar mellom utdanningstilboda og den kompetansen arbeidslivet etterspør.

Resultat i 2022

Midlane har gitt fagskulane høve til å utvikle prosjekt som sikrar relevansen og kvaliteten til utdanningane. I 2022 fekk HK-dir 90 søknader om totalt 125,1 mill. kroner. 48 prosjekt ved 26 fagskular fekk tildelt til saman 50,7 mill. kroner. Midlane blei tildelte prosjekt som utviklar nye utdanningar i samarbeid med lokalt og regionalt arbeidsliv, gir tilsette kompetanseheving i digitalisering for å tilpasse seg behovet for omstilling i arbeidslivet, og bruker digital teknologi for læring. I tillegg gjekk midlane til eingongsinvesteringar i utstyr og infrastruktur for å auke kvaliteten i utdanningane. Midlane blei tildelte offentlege og private fagskular over heile landet.

Budsjettforslag for 2024

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 75,1 mill. kroner til tilskotsordninga for utviklingsmidlar.

Som ei følge av den store auken i talet på fagskulestudentar dei siste åra er det behov for midlar for å kunne vidareføre og sikre kvaliteten og relevansen i høgare yrkesfagleg utdanning. Regjeringa foreslår derfor ein auke på 10 mill. kroner i tilskotsordninga for utviklingsmidlar til fagskulane. Departementet foreslår i tillegg å overføre 9,7 mill. kroner frå program for maritim kompetanse til tilskotsordninga for utviklingsmidlar til fagskulane. Overføringa inneber dermed ein tilsvarande reduksjon på kap. 272, post 52 under programkategori 07.60. Sjå programkategori 07.60 for omtale av flytting av midlar frå program og tilskotsordningar forvalta av HK-dir.

Følgande prioriteringar gjeld for utviklingsmidlane i 2024:

  • utvikling av nye utdanningar i samarbeid med lokalt, regionalt og nasjonalt arbeidsliv

  • bruk av digital teknologi for læring

  • auka kompetanse for lærarar

  • eingongsinvesteringar i utsyr og infrastruktur

Fagskular med fagområdeakkreditering og fagskular med maritime fag vil bli prioriterte i vurderinga av søknader. For helse- og velferdsfag og tekniske fag er det ein særskilt prioritering når det gjeld prosjekt for utvikling av nye utdanningar.

Kap. 241 Tiltak for høgare yrkesfagleg utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Tiltak for høgare yrkesfagleg utdanning, kan overførast

41 872

23 354

24 648

Sum kap. 241

41 872

23 354

24 648

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar midlar til prosjekt for fagskulesektoren.

Mål for 2024

God kunnskap om fagskulesektoren, høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning og ein tilgjengeleg og synleg fagskulesektor.

Resultat i 2022

Det er i 2022 gjennomført fleire tiltak som skal bidra til å nå måla for løyvinga på posten. Dette gjeld mellom anna tildeling av midlar til to senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning. Arbeidet med siste delrapport i evalueringa av tiltaka i Meld. St. 9 (2016–2017) Fagfolk for fremtiden – Fagskoleutdanning er ferdig. I evalueringa konkluderer Deloitte med at sektoren har utvikla seg mykje sidan 2016. Evalueringa viser at tiltaka i hovudsak er sette i verk og har fungert etter intensjonen, men at det er ein del utfordringar som krev merksemd framover. Dette gjeld mellom anna ansvaret fylkeskommunane har for høgare yrkesfagleg utdanning, og kva fagskulesektoren skal vere i framtida.

Fagskolen Diakonova og AOF Østfold har fått midlar for å prøve ut modulbasert høgare yrkesfagleg utdanning for flyktningar. Målet med midlane er å stimulere til opptak av flyktningar i fagskulen og utvikling av tilpassa studietilbod for denne gruppa.

Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør har fått midlar for å utvikle eit nasjonalt utdanningsregister som skal kunne handtere data for utdanningar frå grunnopplæring til høgare utdanning. Registeret skal mellom anna bidra til å kvalitetssikre at utdanningane er akkrediterte, og til å legge til rette for bruk av data til analysar, styring, forsking og utarbeiding av statistikk.

Nasjonale fagplanar er oppgraderte, noko som vil bidra til eit kvalitetsløft av høgare yrkesfagleg utdanning. Innhaldet om høgare yrkesfagleg utdanning på Utdanning.no er styrkt. Godkjenningsordning for utanlandsk fagskuleutdanning er evaluert, og evalueringa viser at ordninga ikkje kommuniserer godt nok til moglege søkarar, og at ordninga er lite kjend i arbeidslivet.

Som eit tiltak på grunn av covid-19-pandemien blei det i 2022 tildelt midlar til fagskular for å få studentane til å halde oppe studieprogresjonen.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 24,6 mill. kroner på posten. Midlane vil mellom anna gå til Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) for å gjennomføre Studiebarometeret for fagskulestudentar og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) for å arbeide med ulike tiltak for høgare yrkesfagleg utdanning. Midlane til direktoratet gjeld mellom anna tiltak som skal utvikle kvaliteten i høgare yrkesfagleg utdanning og kunnskapsgrunnlaget om sektoren. Midlane til forsøksordninga med to senter for framifrå høgare yrkesfagleg utdanning blir vidareførte i 2024.

Departementet foreslår å flytte 109 000 kroner frå kap. 241, post 21 til kap. 1620, post 01 under Finansdepartementet for finansiering av offentleg statistikk i Statistisk sentralbyrå i samband med nytt statistikkprogram.

Kap. 242 Noregs grøne fagskule – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

36 392

31 392

33 805

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

1 791

1 365

1 476

Sum kap. 242

38 183

32 757

35 281
Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på kap. 242 går til å drifte Noregs grøne fagskule – Vea. Fagskulen har studentar på mellom anna blomsterdekoratør-, gartnar- og anleggsgartnarfaglege studieprogram. Vea er akkreditert for grøne design- og miljøfag. I tillegg til høgare yrkesfagleg utdanning gir Vea tilbod om vaksenopplæring på vidaregåande nivå for elevar frå ulike fylke når fylkeskommunen betaler for det, jf. kap. 3242, post 61.

Mål for 2024

Noregs grøne fagskule – Vea skal arbeide etter følgande mål:

  • Høg kvalitet i høgare yrkesfagleg utdanning

  • Relevant høgare yrkesfagleg utdanning som svarer på kompetansebehova i arbeidslivet

  • God tilgang til høgare yrkesfagleg utdanning i heile landet

  • Effektiv og veldriven fagskulesektor

Resultat i 2022

Noregs grøne fagskule – Vea hadde gode resultat i 2022. Ved utgangen av året hadde skulen 16 fagskuletilbod og to tilbod i vidaregåande opplæring, i tillegg til korte kurs. Hausten 2022 var det 302 studentar og elevar ved skulen, og av desse var 213 fagskulestudentar og 89 vaksne elevar i vidaregåande opplæring. Det var 58 fleire fagskulestudentar og 15 færre elevar enn året før. I tillegg har 148 studentar gjennomført einskildemne på fagskulenivå, ein nedgang frå 303 studentar i 2021. Dette er ifølge fagskulen ein forventa nedgang etter ei særleg satsing under covid-19-pandemien.

Frå 2021 til 2022 har talet på søkarar per studieplass ved fagskuletilboda auka, og talet på søkarar per studieplass ved tilboda i vidaregåande opplæring har gått ned. Ifølge fagskulen har nedgangen i søkarar per studieplass på vidaregåande utdanningar for vaksne truleg samanheng med fagfornyinga og omgjering frå treårig yrkeskompetanseløp til fagbrevløp.

Skulen er ein attraktiv samarbeidspartnar, både nasjonalt og internasjonalt, og har god kontakt med yrkesfeltet i faga han tilbyr.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 33,8 mill. kroner på post 01 og 1,5 mill. kroner på post 45.

Noregs grøne fagskule – Vea reduserer tilbodet retta mot vidaregåande opplæring og aukar fagskuletilbodet. Dette endrar samansetninga av inntektene til skulen. Refusjonar frå fylkeskommunar på kap. 3242, post 61 blir reduserte med 0,3 mill. kroner, og salsinntektene på kap. 3242, post 02 aukar med 1 mill. kroner. Som følge av den samla auken under inntektsløyvingane, foreslår departementet ein auke på 0,7 mill. kroner på kap. 242, post 01.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter på kap. 3242, post 02 og 61, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3242 Noregs grøne fagskule – Vea

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

02

Salsinntekter o.a.

10 930

6 261

7 536

61

Refusjon frå fylkeskommunar

379

50

Sum kap. 3242

10 930

6 640

7 586

Post 02 gjeld inntekter frå mellom anna semesteravgift, sal i kantine, hybelutleige og kortare kurs. Post 61 gjeld betaling frå fylkeskommunar for kjøp av opplæringsplassar ved skulen. Dei samla inntektene er foreslått auka med 0,7 mill. kroner, jf. omtale under kap. 242, post 01.

Departementet foreslår å løyve 7,5 mill. kroner på post 02 og 50 000 kroner på post 61.

Programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring

Utgifter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

251

22. juli-senteret

26 161

0,0

253

Folkehøgskular

1 045 730

1 066 257

1 116 379

4,7

254

Studieforbund o.a.

74 312

76 236

75 183

-1,4

256

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

393 686

441 943

466 8395,6

257

Kompetanseprogrammet

316 821

208 695

210 808

1,0

258

Tiltak for livslang læring

147 088

129 317

112 836

-12,7

Sum kategori 07.50

2 003 798

1 922 448

1 982 0453,1

Inntekter under programkategori 07.50 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

3256

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

49 090

29 757

31 066

4,4

Sum kategori 07.50

49 090

29 757

31 066

4,4

Innleiing

Eit høgt kompetansenivå i befolkninga, tilpassa behova til arbeidslivet, bidreg til brei deltaking, nyskaping, omstilling og vekst i norsk nærings- og arbeidsliv. Kunnskapsdepartementet la våren 2023 fram ei melding til Stortinget om kompetansebehova i arbeidslivet på kort og lang sikt, jf. Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge. I åra som kjem, er det rimeleg å tru at mangel på kompetanse vil bli ein av dei viktigaste flaskehalsane for å løyse dei store utfordringane i samfunnet. Det gir behov for klare prioriteringar. I utsynsmeldinga varslar regjeringa at følgande vil bli prioritert i utdannings- og kompetansepolitikken framover:

  • kompetanse som er nødvendig for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv

  • kompetanse som er nødvendig for å gjennomføre det grøne skiftet

  • kompetanse som er nødvendig for å ha gode velferdstenester i heile landet og for å handtere den demografiske utviklinga, balansert opp mot behovet for arbeidskraft i andre sektorar i samfunnet

  • å kvalifisere og mobilisere fleire av dei som står utanfor arbeidslivet

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for å samordne kompetansepolitikken, men dei kompetansepolitiske verkemidla går på tvers av departement, sektorar og forvaltningsnivå. Sentrale tiltak i kompetansepolitikken er derfor omtalte under andre programkategoriar under Kunnskapsdepartementet og andre departement. Over programkategori 07.50 Kompetansepolitikk og livslang læring blir nokre av dei sentrale verkemidla finansierte, mellom anna Kompetanseprogrammet. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) blir finansiert over programkategorien.

Tilskot til folkehøgskulane blir òg finansierte over denne programkategorien.

Følgande overordna mål for Kunnskapsdepartementet er særleg relevante for løyvingane under programkategori 07.50:

  • Samfunnet og arbeidslivet har tilgang på relevant kompetanse

  • Kompetanseheving og livslang læring er meir tilgjengeleg for alle over heile landet

  • Opplæring og utdanning som gir fleire relevant kvalifisering

Hovudprioriteringar for 2024

Ei rekke av dei viktigaste satsingane til regjeringa for å bidra til livslang læring i heile landet blir finansierte over andre programkategoriar under Kunnskapsdepartementet:

  • 28,2 mill. kroner til 500 nye studieplassar i høgare yrkesfagleg utdanning, inkludert utgifter til utdanningsstøtte, og ein auke på 10 mill. kroner i utviklingsmidlar til fagskulane. Sjå programkategori 07.40

  • 319,9 mill. kroner for å bygge ut tilbodet om vidaregåande opplæring i tråd med retten til opplæring fram til ein har fullført med studie- eller yrkeskompetanse (fullføringsretten), sjå programkategori 07.20

  • 83,2 mill. kroner til ordninga Fagbrev på jobb, sjå programkategori 07.20

I tillegg foreslår departementet 188,6 mill. kroner for å innføre ein rett til å ta fagbrev for personar som allereie har studie- eller yrkeskompetanse (yrkesfagleg rekvalifisering), over rammetilskotet til fylkeskommunane.

Budsjettforslaget legg til rette for fem bransjeprogram i 2024, og det gjer at det kan etablerast program for to nye bransjar, sjå kap. 257.

Kompetansebehov i arbeidslivet

Mange verksemder får ikkje tak i personar med relevant kompetanse

Etter at arbeidskraftmangelen i 2022 var på det høgaste sidan før finanskrisa i 2008, blei arbeidskraftmangelen noko lågare våren 2023, ifølge Navs bedriftsundersøking. Mangelen på arbeidskraft gjekk ned frå over 70 000 personar i 2022 til om lag 53 000 i 2023, men er framleis stor. Helse- og sosialtenestene manglar framleis flest folk. Behovet for arbeidskraft innanfor bygg- og anleggsverksemd blei redusert med 45 pst. frå 2022 til 2023, men dette er framleis bransjen der det er nest størst mangel på arbeidskraft.

Det er dei mest folkerike delane av landet (Oslo og Aust-Viken, som består av tidlegare Østfold og Akershus, utanom Asker og Bærum) som manglar mest arbeidskraft. Verksemdene i Troms og Finnmark, Nordland og Aust-Viken er dei som opplever størst rekrutteringsproblem når ein tek omsyn til folketalet.

Utanlandsk arbeidskraft dekker over 20 pst. av arbeidskraftsbehovet i Noreg – og langt meir innanfor ufaglærte yrke og handverksyrke. Dei siste 20 åra har talet på arbeidsinnvandrarar blitt femdobla. Arbeidsinnvandringa gjekk ned under pandemien, men var i 2022 tilbake på nivået frå før pandemien. Tilgangen på utanlandsk arbeidskraft i framtida er usikker, mellom anna fordi mange land i Europa har utfordringar med ei aldrande befolkning og mangel på arbeidskraft.

Kompetansebehova endrar seg med omstilling av næringslivet og offentleg sektor

Den teknologiske og demografiske utviklinga endrar kompetansebehova i samfunnet. God tilgang på etter- og vidareutdanning er viktig for å dekke endra kompetansebehov i arbeidslivet.

Digitalisering og automatisering reduserer etterspurnaden etter nokre yrke og arbeidsoppgåver og endrar innhaldet i andre yrke. Samstundes skaper utviklinga nye jobbar. Den teknologiske utviklinga har dei siste tiåra favorisert høgt utdanna arbeidskraft og fortrengt arbeidskraft med grunnskuleutdanning og vidaregåande opplæring. Den raske utviklinga innanfor teknologi som kunstig intelligens får konsekvensar for arbeidsmarknaden, men det er uvisst korleis utviklinga vil påverke behovet for kompetanse og arbeidskraft framover.

Den demografiske utviklinga der stadig færre yrkesaktive står bak kvar pensjonist, endrar òg kompetansebehova. Talet på eldre over 80 år er venta å doble seg fram mot 2040. Fleire eldre aukar behovet for helse- og omsorgstenester, særleg i distrikta, der mangelen på arbeidskraft i kommunale helse- og omsorgstenester er stor.

Det grøne skiftet inneber at kompetansen til arbeidstakarar må tilpassast omstillinga til eit lågutsleppssamfunn. Kompetansebehovsutvalet la i vår fram ein rapport om kompetansebehov for grøn omstilling. Omstillinga fører til nye jobbar i nye næringar, men omstillinga kjem særleg i eksisterande næringar. Etterspurnaden etter yrkesgrupper som ingeniørar, IKT-spesialistar og fagarbeidarar i teknologi og handverksfag vil auke som følge av omstillinga, ifølge rapporten frå utvalet. Det er samstundes utfordrande å føreseie kva type og kor mange jobbar som vil falle bort eller kome til med det grøne skiftet. Veksttakten innanfor nye energinæringar som havvind, batteriindustri, hydrogen og CO2-fangst og -lagring er usikker.

Kompetansereform for arbeidslivet

Auka krav til kompetanse i arbeidslivet inneber at kompetansepolitikken har ei nøkkelrolle i møte med fleire samfunnsutfordringar. Regjeringa har sett ned eit utval som skal greie ut ei kompetansereform for arbeidslivet, i tråd med Hurdalsplattforma. Utvalet består av hovudsamanslutningane i arbeidslivet og skal levere ein rapport hausten 2024. Utvalet skal greie ut moglegheiter og verkemiddel for læring i arbeidslivet i Noreg, korleis det kan leggast til rette for at det blir utvikla kostnadseffektive moglegheiter for utdanning og kompetanseutvikling av god kvalitet som er tilpasse behova i arbeidslivet, korleis partane i arbeidslivet kan legge til rette for læring i arbeidslivet, korleis ein kan vidareutvikle modellar for realkompetansevurdering og verdsetjing av kompetanse utvikla i arbeidslivet, og ulike modellar for å stimulere til etter- og vidareutdanning.

Kompetanseprogrammet

Kompetanseprogrammet består av fleire tiltak for kompetanseutvikling i tråd med behova til arbeidslivet. Kompetanseprogrammet har tre programområde:

  1. treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

  2. utprøving av insentivordningar for livslang læring

  3. Kompetansepluss

Bransjeprogramma er eit spleiselag der staten finansierer utvikling og drift av relevante kompetansetilbod for bransjar med særleg stort behov for kompetanseutvikling for å tilpasse seg endra kompetansebehov. Bedriftene og dei tilsette bidreg med tida dei bruker på kompetanseutvikling. I 2023 er det fem bransjeprogram. Bransjeprogramma for maritim næring og olje-, gass- og leverandørindustrien skal fasast ut i 2024, og departementet inviterte derfor partane i arbeidslivet til å nominere nye bransjar. Partane nominerte i alt 10 bransjar. Departementet vil etablere to nye bransjeprogram – eit for informasjonssikkerheit og IKT og eit for finansnæringa. Programma vil etter planen starte opp i 2023, med første tildeling i 2024. Kompetanseprogrammet blir finansiert over kap. 257.

Styrking av høgare yrkesfagleg utdanning

Fagskulane har ei viktig rolle i regjeringa si satsing på livslang læring. Fagskulane skal gi korte og yrkesretta utdanningstilbod i heile landet, og dei skal kunne reagere raskt på nye kompetansebehov og bidra til å tette kompetansegap i arbeidslivet. Regjeringa vil styrke høgare yrkesfagleg utdanning. Derfor foreslår regjeringa midlar til 500 nye studieplassar og ein auke i utviklingsmidlar til fagskulane frå 2024. Sjå omtalen under programkategori 07.40.

Desentralisert utdanning ved fagskular, høgskular og universitet

Regjeringa vil at studietilbod skal bli endå meir tilgjengelege for folk i heile landet. I statsbudsjettet for 2024 foreslår regjeringa å auke rammeløyvinga til universitet og høgskular med 200 mill. kroner for å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire gjennom å styrke det desentraliserte og fleksible tilbodet.

Utdanningsstøtteordningar tilpassa vaksne i arbeid

Høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning skal bli meir tilgjengelege ved at ein tilbyr fleire korte og moduliserte utdanningar som er tilpassa behova til den einskilde og til arbeidslivet. Departementet vil derfor utvide utdanningsstøtteordningane slik at kortare utdanningstilbod tilpassa vaksne i arbeid kan gi rett til lån frå våren 2025. Sjå omtale av tiltaket under programkategori 07.80 Utdanningsstøtte.

Godkjenningsordningane for utanlandsk utdanning skal utviklast

Godkjenning av utanlandsk utdanning og yrkesgodkjenning er verktøy for å sikre tilgangen til kvalifisert arbeidskraft frå utlandet. Godkjenningsoppgåvene til NOKUT blei overførte til HK-dir frå 1. januar 2023. Godkjenningsordninga for utanlandsk fag- og yrkesopplæring, som blei etablert i 2016, er i dag avgrensa til nokre få europeiske land og fag. Det er krevjande å vurdere utanlandsk fag- og yrkesopplæring i nivå, omfang og fagleg innhald. Det har derfor vore utfordrande å utvide godkjenningsordninga. HK-dir leverte våren 2023 eit forslag til forskriftsføresegner og ein plan for å utvide ordninga. Vidare er det gjennomført ei evaluering av godkjenning av utanlandsk fagskuleutdanning, som inngår i arbeidet med ei melding til Stortinget om høgare yrkesfagleg utdanning. I Prop. 126 L (2022–2023) Lov om universiteter og høyskoler (universitets- og høyskoleloven) har departementet foreslått å vidareføre reglane om godkjenning av utanlandsk høgare utdanning og i tillegg vise til UNESCOs globalkonvensjon for godkjenning av høgare utdanning. Regjeringa vil halde fram med å utvikle godkjenningsordningane for utanlandsk utdanning for å gjere det enklare å ta i bruk kompetanse frå utlandet i det norske arbeidslivet. I statsbudsjettet for 2024 foreslår departementet ein auke for å styrke arbeidet til HK-dir med godkjenning av utanlandsk utdanning, jf. kap. 256.

Arbeidskraftreserven – dei som står utanfor arbeidslivet

Det blir stadig vanskelegare for dei med lite utdanning å klare seg i arbeidsmarknaden

Over 500 000 vaksne er verken i arbeid eller i utdanning. Om lag halvparten av arbeidskraftreserven opplyser at helse er den største hindringa for å kome i arbeid, men nesten like mange viser til låg utdanning. Dei som ikkje har fullført utdanning utover grunnskulen, har problem med å få ei varig tilknyting til arbeidslivet. Dette er ei stor gruppe, som utgjer 230 000 personar under 62 år, blant dei mange innvandrarar og unge. Det blir eit stadig skarpare skilje i arbeidsmarknaden mellom dei som har fullført vidaregåande opplæring, og dei som ikkje har gjort det.

Det er fleire barrierar som kan hindre personar i å kvalifisere seg for arbeid gjennom utdanning og kompetanseutvikling. Mange som har erfaring med ikkje å lykkast i skulen, har låg motivasjon for å ta meir utdanning. Det er eit problem at realkompetansevurdering blir brukt i for liten grad for å avkorte og tilpasse opplæringsløpa til vaksne i vidaregåande opplæring. For mange vaksne vil manglande ytingar til livsopphald vere eit hinder for å ta meir utdanning. Mange i målgruppa har behov for karriererettleiing for å finne ut kva moglegheiter dei har.

Retten til vidaregåande opplæring blir utvida, og opplæringa blir betre tilpassa vaksne

Ved behandlinga av Meld. St. 21 (2020–2021) Fullføringsreformen – med åpne dører til verden og fremtiden slutta Stortinget seg til at modulstrukturert opplæring skal bli hovudmodell for all opplæring for vaksne. Tilbodet skal enklare kunne tilpassast ønskt sluttkompetanse for den einskilde, vere effektivt og kunne kombinerast med arbeid, også for dei som er på arbeidsmarknadstiltak eller i introduksjonsprogram for nykomne innvandrarar. Nye modulstrukturerte læreplanar skal etter planen takast i bruk frå skuleåret 2024–25 for nivået under vidaregåande, i utvalde lærefag og i opplæring som er ein kombinasjon av dei to nivåa. Departementet prioriterer midlar til tiltak for ei god implementering av overgangen til modulstrukturert vaksenopplæring i forslaget til statsbudsjettet for 2024 jf. kap. 258, post 21. Frå 2017 og ut våren 2024 blir det gjennomført eit forsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne. Den nye opplæringa skal bygge vidare på erfaringane i forsøket.

Ny opplæringslov, som blei vedteken av Stortinget i juni 2023, inneber fleire endringar som vil gi vaksne utvida rettar til vidaregåande opplæring. Retten til vidaregåande opplæring blir utvida til ein har fullført og bestått med studie- eller yrkeskompetanse. Det blir òg innført ein yrkesfagleg rekvalifiseringsrett som gir alle med studie- eller yrkeskompetanse moglegheit til å ta eit nytt fagbrev. Sjå meir omtale i programkategori 07.20 Grunnopplæringa.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har fått i oppdrag å greie ut og kartlegge fleire sider ved bruken av realkompetansevurdering med frist i desember 2023. Oppdraget omfattar mellom anna å kartlegge korleis fylkeskommunane forstår og bruker realkompetansevurdering. HK-dir skal greie ut om hindringar og foreslå moglege tiltak for meir effektiv og einsarta realkompetansevurdering i vidaregåande opplæring for vaksne.

Tilskotet til ordninga Fagbrev på jobb blir styrkt

Departementet foreslår i statsbudsjettet for 2024 å auke tilskotet for å stimulere til auka bruk av ordninga Fagbrev på jobb. Ordninga legg til rette for at fleire kan ta eit fagbrev i kombinasjon med arbeid. Sidan ordninga blei etablert i 2018 har om lag 950 kandidatar oppnådd fag- eller sveinebrev gjennom ordninga. Sjå omtalen av tiltaket under programkategori 07.20 Grunnopplæringa, kap. 225, post 69. I utsynsmeldinga blei det varsla at regjeringa ville vurdere om ordninga også kan utviklast til å bli ei ordning for NAV-brukarar og deltakarar i introduksjonsprogrammet. Utdanningsdirektoratet har saman med Arbeids- og velferdsdirektoratet, Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Integrerings- og mangfaldsdirektoratet greidd ut dette, og konklusjonen til direktorata var at dagens ordning legg til rette for stor grad av fleksibilitet i opplæringa for vaksne, òg for brukarane til NAV og deltakarar i introduksjonsprogrammet. Regjeringa ser derfor ikkje nå behov for å endre innrettinga av Fagbrev på jobb for å tilpasse ordninga til NAV-brukarar og deltakarar i introduksjonsprogrammet. Samstundes viste utgreiinga til direktorata at praktiseringa av Fagbrev på jobb varierer mellom fylkeskommunane og at handlingsrommet i ordninga kan nyttast betre. Regjeringa vil halde fram satsinga på Fagbrev på jobb for at fleire vaksne som manglar formell kompetanse, skal få høve til å ta eit fagbrev medan dei er i arbeid. Departementet vil derfor kartlegge praksisen og bruken av ordninga for å få eit betre grunnlag for å vurdere om ordninga kan gjerast meir tilgjengeleg for kvalifiserte kandidatar.

Betre samarbeid på tvers av sektorar for å få fleire i arbeid

Kunnskapsdepartementet samarbeider tett med Arbeids- og inkluderingsdepartementet om å kvalifisere fleire for arbeid. Mellom anna har AV-dir, IMDi og HK-dir etablert eit nasjonalt nettverk mellom Arbeids- og velferdsetaten og fylkeskommunane som skal jobbe for at fleire ledige, permitterte og utsette grupper på arbeidsmarknaden skal fullføre vidaregåande opplæring og få varig tilknyting til arbeidslivet. Nettverket vil mellom anna samarbeide om å identifisere og spreie gode lokale modellar for karriererettleiing, realkompetansevurdering og opplæring. Sjå Prop. 1 S (2023–2024) for Arbeids- inkluderingsdepartementet for meir omtale av utdanningstiltak for ledige og permitterte og innvandrarar.

Utdanningsstøtteordningar tilpassa vaksne i vidaregåande opplæring

I samband med ny opplæringslov, som blei vedteken i juni 2023, vil departementet endre grensa mellom ordningar i Lånekassen for lån og stipend til vidaregåande opplæring, slik at vaksne over 21 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, får tilgang til lånebasert ordning. I statsbudsjettet for 2024 blir det foreslått midlar til IT-utvikling i Lånekassen som skal legge til rette for å gjere utdanningsstøtteordningane meir tilpassa vaksne i vidaregåande opplæring, jf. programkategori 07.80 Utdanningsstøtte, kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning.

Betre karriererettleiing og rådgiving

Karriererettleiing er eit viktig verkemiddel for at fleire skal delta i arbeid, utdanning og livslang læring. Fylkeskommunane har ei lovpålagd plikt til å tilby karriererettleiing, og alle fylka har eitt eller fleire karrieresenter. Den nasjonale digitale karriererettleiingstenesta, karriereveiledning.no, får stadig fleire brukarar og blir vidareutvikla. I dag er tenesta bemanna både av rettleiarar som er tilsette i HK-dir og av mellombels tilsette i utvalde fylkeskommunar. Basert på erfaringar frå dei to første driftsåra vil departementet etablere ein modell for varig drift av tenesta, der dei som bemannar ho er fast tilsette i HK-dir i Tromsø. Dette skal styrke tenesta og bidra til auka effektivitet. Omlegginga skal skje gradvis i takt med at dei eksisterande samarbeidsavtalane med fylkeskommunane går ut.

I ny opplæringslov, som blei vedteken før sommaren, blir det innført ei plikt for kommunane og fylkeskommunane til å sørge for rådgiving for vaksne i grunnopplæringa. Plikta blir finansiert med heilårseffekt i forslaget til statsbudsjettet for 2024 over rammetilskotet til fylkeskommunane.

Kap. 251 22. juli-senteret

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

24 627

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

1 534

Sum kap. 251

26 161

Løyvingane til 22. juli-senteret blei flytta til kap. 229 under programkategori 07.20 Grunnopplæringa i statsbudsjettet for 2023. Sjå omtalen av mål og budsjettforslag for 2024 under kap. 229.

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

Resultat i 2022

Elevar og lærarar er den viktigaste målgruppa til 22. juli-senteret. Senteret har utvikla pedagogiske verktøy for å kunne formidle om terrorhandlingane 22. juli 2011. Prosentdelen elevar av dei besøkande auka frå 18 pst. av dei som besøkte senteret i 2021, til 52 pst i 2022. Ei ny løysing for elektronisk tinging gav enklare tilgang for skular til undervisninga ved senteret.

I 2022 fekk Statsbygg i oppdrag å bygge eit nytt permanent 22. juli-senter i Høgblokka i regjeringskvartalet. Senteret har gjennom 2022 førebudd bygginga av eit nytt permanent senter. Arbeidet med dette nye senteret vil vere ei sentral oppgåve for 22. juli-senteret fram mot opninga i 2025.

Senteret har i 2022 vidareutvikla filmprosjektet Historier om de vi mistet, der etterlatne blir intervjua om korleis det er å leve med konsekvensane av 22. juli i dag. 22. juli-senteret lanserte nye nettsider og la samstundes ut nye ressursar som lærarar kan nytte i undervisning om 22. juli. I 2022 opna 22. juli-senteret den mellombelse kunstutstillinga Scar.

Tabell 4.23 Talet på besøkande ved 22. juli-senteret i perioden 2018–22

2018

2019

2020

2021

2022

Elevar

11 646

9 636

801

2 832

11 791

Andre besøkande

30 331

31 432

3 035

12 711

10 909

Samla

41 977

41 068

3 8361

15 5431

22 700

1 I 2020 og 2021 var senteret stengt store delar av året på grunn av covid-19-pandemien.

Kjelde: 22. juli-senteret

Kap. 253 Folkehøgskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Tilskot til folkehøgskular

1 039 311

1 059 818

1 109 529

71

Tilskot til Folkehøgskolerådet

5 693

5 692

6 055

72

Tilskot til Nordiska folkhögskolan

726

747

795

Sum kap. 253

1 045 730

1 066 257

1 116 379

Post 70 Tilskot til folkehøgskular

Folkehøgskular er eit skuleslag der den faglege, personlege og sosiale utviklinga til elevane står i sentrum. I dag er det 83 folkehøgskular fordelte på alle fylka i landet. Tilboda er hovudsakleg eittårige, og elevane bur på internat på skulen. Folkehøgskulane har fagleg og pedagogisk fridom og bestemmer sitt eige verdigrunnlag.

Folkehøgskuleutvalet la 31. oktober 2022 fram NOU 2022: 16 En folkehøgskole for alle – Vilkår for økt kvalitet og mangfold i folkehøgskolene. Utvalet har gått gjennom heile folkehøgskulesektoren, med hovudvekt på samfunnsoppdraget til folkehøgskulane, godkjenningsvilkår, finansieringssystemet og krav til kvalitet. Departementet vil kome tilbake til korleis NOU-en skal følgast opp. Departementet ønsker brei involvering av sektoren i arbeidet, gjennom Folkehøgskolerådet og andre relevante aktørar.

Folkehøgskulane har samla sett opplevd ein nedgang i talet på elevar dei siste åra, og utviklinga ser ut til å halde fram for skuleåret 2023–24. Særleg har einskilde av dei nyoppretta folkehøgskulane hatt få søkjarar. Departementet vil i oppfølginga av NOU-en frå folkehøgskuleutvalet legge vekt på at folkehøgskulesektoren framover må basere seg på realistiske anslag for elevtalsutviklinga. Høvet til å søke om godkjenning av nye folkehøgskular er mellombels stansa medan arbeidet med oppfølging av rapporten frå folkehøgskuleutvalet held på.

Mål for 2024

Målet med tilskotet er å fremje allmenndanning og folkeopplysning.

Resultat i 2022

Stavanger Urban Folkehøgskole og Øyrekka folkehøgskole starta opp med tilskot frå hausten 2022.

Tabellen nedanfor viser utviklinga i talet på folkehøgskuleelevar frå 2019 til 2022. Etter at elevtalet ved folkehøgskulane auka fram mot 2019, har talet på elevar gått noko ned dei siste åra. I 2022 gjekk 7 385 elevar på folkehøgskule. Det utgjer om lag 12 pst. av eit årskull. Elevtalet på kortvarige kurs er framleis lågt samanlikna med tidlegare år og kjem i hovudsak av endra forskrift til folkehøgskulelova frå 2021, som førte til at berre eit fåtal av kortkursa gir rett til statstilskot.

Tabell 4.24 Elevtal i folkehøgskulane 2019–22

2019

2020

2021

2022

Årselevar langkurs (16,5–33 veker)

7 775

7 703

7 469

7 262

Årselevar kortkurs (2–94 dagar)

497

227

51

123

Sum årselevar1

8 272

7 930

7 520

7 385

1 Sum årselevar er det samla talet teljande heiltidselevar per kalenderår. Tala er korrigerte for dobbeltteljande elevar og det maksimale elevtalet til skulane. Tala er også korrigerte med ein omrekningsfaktor.

Kjelde: Utdanningsdirektoratet

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 1 109,5 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 18,1 mill. kroner. Samstundes viser departementet til at Jeløy Folkehøgskole og Ringsaker Folkehøgskole har blitt lagde ned.

Innanfor løyvinga vil departementet vidareføre ekstratilskotet til Svalbard folkehøgskole på same nivå som i 2023.

I 2020 førte covid-19-pandemien til fleire avlyste kortkurs. I 2022 vart det omfordelt om lag 2,6 mill. kroner for å kompensere for avlyste kortkurs ved folkehøgskulane i 2020. Justeringa vil inngå i tilskotsgrunnlaget for 2024.

Post 71 Tilskot til Folkehøgskolerådet

Folkehøgskolerådet er ein interesseorganisasjon for folkehøgskulane. Rådet har eit fast sekretariat. Folkehøgskolerådet tek hand om fellesoppgåver for folkehøgskulane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet.

Mål for 2024

Folkehøgskolerådet skal fremje kunnskap om og utvikling av folkehøgskulane.

Resultat i 2022

Det blei gitt eit tilskot på 5,7 mill. kroner til Folkehøgskolerådet i 2022. Rådet hadde fellesoppgåver for folkehøgskulane og koordineringsoppgåver for Utdanningsdirektoratet. Folkehøgskolerådet fremjar utvikling av folkehøgskulane mellom anna gjennom eit godt samarbeid med departementet og andre offentlege aktørar.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 6,1 mill. kroner på posten.

Post 72 Tilskot til Nordiska folkhögskolan

Nordiska folkhögskolan i Kungälv blei etablert i 1947 for å fremje demokratiske verdiar og styrke samhaldet i Norden.

Mål for 2024

Tilskotet skal bidra til å drifte nordisk folkehøgskuleverksemd.

Resultat i 2022

Tilskotet støtta drifta av Nordiska folkhögskolan, inkludert utgifter til norske gjestelærarar. Skulen rapporterer at drifta var normal i 2022, men at covid-19-pandemien framleis gjorde det vanskeleg å rekruttere elevar utanfor Sverige.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 0,8 mill. kroner på posten.

Kap. 254 Studieforbund o.a.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Tilskot til studieforbund

70 712

72 719

73 312

73

Tilskot til vaksenopplæringsorganisasjonar

3 600

3 517

1 871

Sum kap. 254

74 312

76 236

75 183

Post 70 Tilskot til studieforbund

Tilskotet bidreg til å finansiere opplæring i regi av frivillig sektor og skal redusere opplæringskostnadene for deltakarane.

Frå og med 2021 får Akademisk Studieforbund, Studieforbundet AOF Norge, Studieforbundet Livslang Læring og Studieforbundet næring og samfunn tilskot over budsjettet til Kunnskapsdepartementet, medan dei andre ti studieforbunda får tilskot over budsjettet til Kulturdepartementet. Tilskotsordninga skal evaluerast innan utgangen av 2025.

Studieforbunda som får tilskot under Kunnskapsdepartementet, tilbyr kurs retta mot kompetanseheving i og for arbeidslivet, mellom anna sertifiseringskurs for ingeniørar og helsepersonell, men òg kurs for primærnæringane, fagforbund og humanitære organisasjonar.

Ein mindre del av tilskotet kan nyttast til å refundere kostnader til opplæring i samisk språk som blir gjennomført av godkjende studieforbund eller nettskular, jf. forskrift til samelova om rett til opplæring i samisk.

Mål for 2024

Målet med tilskotet er at vaksne skal få tilgang til fleksibel og brukartilpassa opplæring utanfor det formelle utdanningssystemet, jf. § 1 i lov om vaksenopplæring. Tilskotet skal bidra til å redusere utanforskap og fremje inkludering.

Resultat i 2022

Aktiviteten i dei fire studieforbunda har vore lågare enn vanleg dei siste åra på grunn av covid-19-pandemien, men det var ein auke i aktiviteten frå 2021 til 2022. Studieforbundet Livslang Læring rapporterte om flest kurstimar i 2022.

I 2022 var det flest deltakarar på kurs innanfor organisasjons- og leiingsfag (32 pst.), estetiske fag og handverksfag (26 pst.) og realfag, industri og tekniske fag (14 pst.). Studieforbunda framhevar at dei har god måloppnåing på opplæring retta mot spesielle målgrupper, til dømes tilbod til ufaglærte.

Tabell 4.25 Aktivitet og deltaking i studieforbunda 2017–22

2017

2018

2019

2020

2021

2022

Deltakarar

203 648

194 280

185 147

149 596

167 265

179 926

Kurs

13 084

12 301

11 579

9 181

8 687

9 879

Kurstimar

434 697

403 865

386 296

268 759

231 516

263 715

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 73,3 mill. kroner på posten. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4,1 mill. kroner for å frigjere midlar til andre formål. Berekninga av tilskot til det einskilde studieforbundet vil bli justert for å ta omsyn til at aktiviteten i studieforbunda var påverka av smittevernrestriksjonane i 2020 og 2021.

Post 73 Tilskot til vaksenopplæringsorganisasjonar

Fleksibel utdanning Norge (FuN) er fellesorgan og interesseorganisasjon for dei offentleg godkjende nettskulane og andre institusjonar på feltet fleksibel utdanning og digitale læringsformer.

Mål for 2024

FuN skal arbeide for meir kunnskap om og utvikling av fleksibel og nettbasert utdanning som blir gitt gjennom medlemsorganisasjonane. Dette inkluderer òg fellesoppgåver for nettskular og medlemsorganisasjonar.

Resultat i 2022

I 2022 har FuN mellom anna revidert ein rettleiar for kvalitet i nettbasert utdanning og drive utviklingsarbeid i EØS-prosjekt og prosjekt innanfor Nordplus, Erasmus+ og Interreg.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 1,9 mill. kroner på posten til Fleksibel utdanning Norge.

Departementet foreslår å avvikle tilskotet til Fleksibel utdanning Norge med halvårseffekt frå 2024. Det eksisterte tidlegare eit tilskot til nettskular. Tilskotet blei avvikla i statsbudsjettet for 2015, fordi nettstudiar var blitt ein del av den ordinære verksemda ved universitet, høgskular og fagskular. Frå 2021 blei vaksenopplæringslova med forskrifter endra slik at det ikkje lenger er ei eiga godkjenningsordning for nettskular. Departementet meiner at FuN ikkje lenger utfører oppgåver for departementet som gjer at det kan prioriterast direkte statstilskot til organisasjonen, men at drifta av organisasjonen bør finansierast av medlemsorganisasjonane eller andre inntektskjelder. Ettersom tilskotet blir avvikla over to år, får FuN noko tid til å omstille seg og eventuelt finne andre finansieringskjelder.

Kap. 256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

389 883

433 017

452 817

21

Særskilde driftsutgifter

3 803

8 926

14 022

Sum kap. 256

393 686

441 943

466 839

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har eit heilskapleg ansvar innanfor sitt sektorområde. Sektorområdet er all opplæring og utdanning retta mot vaksne, det vil seie på kompetansefeltet, i grunnopplæringa, norsk og samfunnskunnskap for innvandrarar, høgare yrkesfagleg utdanning og høgare utdanning. På nokre område, som internasjonalisering og karriererettleiing, har direktoratet breiare verkeområde. Direktoratet har nasjonalt, tverrsektorielt systemansvar for karriererettleiing og pådrivar- og samordningsansvar for deling av data og for fellestenester innanfor forsking. HK-dir har ansvar for godkjenning av utanlandsk utdanning.

Løyvingane over kap. 256 finansierer ordinære driftsoppgåver i HK-dir. I tillegg kjem oppgåver som direktoratet har ansvar for, men som blir finansierte over andre budsjettkapittel. HK-dir har ansvaret for å forvalte tilskotsordningar og tiltak under kap. 225, 240, 241, 254, 257, 258, 270 og 272 og ordningar under budsjetta til Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Kulturdepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.

Post 01 Driftsutgifter og post 21 Særskilde driftsutgifter

Mål for 2024

Gjennom følgande mål skal Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse arbeide for eit berekraftig og omstillingsdyktig samfunn:

  • Utdanningsinstitusjonar og opplæringstilbydarar har tilbod av høg kvalitet

  • Den einskilde har god kunnskap om og tilgang til utdanning, karriererettleiing og livslang læring

  • Dokumentasjon av utdanning, kompetanse og kvalifikasjonar gir den einskilde tilgang til utdanning og arbeid

  • Kompetansepolitikken er godt samordna og stimulerer til kompetanseutvikling og samarbeid mellom arbeidsliv og utdanning

  • Styresmakter, institusjonar og aktørane i arbeidslivet har eit godt kunnskapsgrunnlag for avgjerdene sine om utdanning, forsking og kompetanseutvikling

I 2024 er det viktig at HK-dir har stor merksemd på oppgåvene med opptak og godkjenning av utanlandsk utdanning. Direktoratet har forvalta ein stor portefølje av søknadsbaserte ordningar, tilskot og utviklingsmidlar retta mot mellom andre fagskular, høgskular og universitet. I 2024 foreslår regjeringa å flytte 338,8 mill. kroner frå program og tilskotsordningar til rammeløyvinga for universitet og høgskular. Sjå nærare omtale under kategoriinnleiinga under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og under kap. 260 Universitet og høgskular og kap. 272 Tiltak for internasjonalisering og høgare utdanning.

HK-dir skal framleis følge opp arbeidet i sektoren med internasjonalisering, utdanningskvalitet, fleksibel og tilgjengeleg utdanning, mellom anna ved å forvalte og dele kunnskap frå arbeidet ved institusjonane og utviklingsprosjekt som har finansiering frå tidlegare ordningar i direktoratet. HK-dir skal vidareutvikle arbeidet med data, statistikk og anna kunnskapsgrunnlag på desse områda for å følge utviklinga og gi kunnskapsbaserte råd til institusjonane og departementet. Direktoratet skal også bidra til å samle, dokumentere og dele erfaringar, data og kunnskapsgrunnlag mellom ulike universitet og høgskular og andre verksemder i sektoren. Denne typen tilrettelegging og rådgiving frå HK-dir vil vere eit viktig supplement til institusjonane sine eigne initiativ på felta.

Resultat i 2022

Ny organisering av direktoratet etter samanslåinga kom på plass 1. mai 2022, og i 2022 har det også blitt arbeidd med å førebu overføring av oppgåver og tilsette frå Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga i samband med at HK-dir fekk ansvaret for godkjenning av utanlandsk utdanning frå 1. januar 2023.

Nedanfor er rapportering på dei måla som gjaldt for HK-dir i 2022.

Kompetansepolitikken og politikken for høgare utdanning er heilskapleg og godt samordna og utvikla i ein internasjonal kontekst

Opprettinga av HK-dir har lagt godt til rette for eit samla og tydeleg direktorat som ser politikken for høgare utdanning og kompetansepolitikken i samanheng. Direktoratet har i 2022 etablert ein organisasjonsmodell som er orientert mot målgrupper, og som tydeleggjer ansvaret for ulike område både internt og eksternt.

Direktoratet har nytta internasjonale kontaktflater i sine råd og innspel i aktuelle saker og vurderer sjølv at samanslåinga av ulike fagmiljø har styrkt kvaliteten og koordineringa av innspel til politikkutforming. For å bidra til ein effektiv og heilskapleg kompetansepolitikk er det etablert ein fast arena på nasjonalt nivå for administrative møte med partane i Kompetansepolitisk råd. HK-dir har gjennom samarbeid, oppfølging av prosjekt, kunnskapsutvikling, rådgiving og formidling bidrege til å styrke arbeidet til fylkeskommunane med regional kompetansepolitikk og gjennomføring av tiltak som bidreg til at fleire vaksne får auka kompetansen sin.

Direktoratet har mellom anna samarbeidd med Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør om å revidere samstyringsmodellen for digitalisering i høgare utdanning og forsking. Modellen spelar ei viktig rolle i arbeidet med å implementere strategi- og handlingsplan for digital omstilling i høgare utdanning og forsking. Gjennom ansvaret for støtteordninga for norskspråklege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap og registeret over vitskaplege publiseringskanalar har HK-dir bidrege til å auke delen ope tilgjengelege artiklar, støtta opp under norsk som fagspråk og hjelpt forskarar med å finne tidsskrift der dei kan publisere artiklar ope.

I 2022 viste ei kartlegging utført av HK-dir at arbeidet med informasjonstryggleik og personvern i høgare utdannings- og forskingssektoren er i framgang. Basert på funna i kartlegginga har direktoratet gitt tilrådingar til dei einskilde verksemdene om korleis dei kan betre etterlevinga av krava frå Kunnskapsdepartementet. I 2022 blei 83 pst. av tilrådingane følgde opp, noko som har bidrege til å styrke informasjonstryggleiken og personvernet i høgare utdannings- og forskingssektoren.

I 2022 har direktoratet lagt grunnlaget for eit operativt fagmiljø for tryggleik og beredskap for høgare utdannings- og forskingssektoren frå 2023. Dei har etablert eit samarbeid med NOKUT og sekretariatet for Beredskapsrådet for kunnskapssektoren og utarbeidd ein plan for å kartlegge tilstanden og vurdere risikoen for heile tryggleiksområdet.

Utdanning, opplæring og karriererettleiing av høg kvalitet er tilgjengeleg for alle uavhengig av bakgrunn, kompetansenivå og funksjonsevne

Tilskotsordningane i HK-dir har gitt positive resultat på viktige mål som tverrfagleg samarbeid, kvalitetsutvikling av korte profesjonsutdanningar, arbeidslivsrelevans, meir og betre praksis i arbeidslivet, digitalisering, aktiv involvering av studentar i utdanningane, mindre fråfall og meir tilgjengeleg utdanning.

HK-dir fekk ansvar for Samordna opptak 1. januar 2022. I 2022 har Samordna opptak planlagt for modernisering og oppdatering av opptakssystema. Det er òg sett i gang eit arbeid med å modernisere Nasjonal vitnemålsdatabase.

HK-dir er det nasjonale programkontoret for internasjonalt utdannings- og opplæringssamarbeid. I 2022 har direktoratet følgt opp Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter med ei rekke tiltak mellom anna retta mot utfordringar med fragmentert informasjon til studentar, administrasjon av studentutveksling og mobilitet i profesjonsutdanningane.

Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling bidrog til at 11 bransjar fekk tilgang til å utvikle relevant kompetanse. Tilskot frå HK-dir har òg ført til at fleire vaksne deltek i vidaregåande opplæring.

Styresmakter, utdanningstilbydarar, arbeidslivet og den einskilde har eit godt kunnskapsgrunnlag for avgjerdene sine om i utdanning og kompetanseutvikling

I 2022 har HK-dir utarbeidd eit breitt kunnskapsgrunnlag om utdanning og kompetanseutvikling. HK-dir publiserer mellom anna årlege tilstandsrapportar om høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning som gir eit kvalitetssikra kunnskapsgrunnlag om utviklinga i sektoren over tid.

Kompetansebehovsutvalet er ført vidare i perioden 2021–27 med HK-dir som sekretariat. Utvalet leverte i 2022 temarapporten Fremtidig kompetansebehov: Høyere yrkesfaglig utdanning for et arbeidsliv i endring. Rapporten peikar på at fagskulesektoren kan spele ei viktigare rolle for å dekke framtidige nasjonale og regionale kompetansebehov.

I 2022 har HK-dir henta inn ei undersøking av kvaliteten og kvalitetsutviklinga i karriererettleiinga i skulen. Den viste at kvalitetssikring av rettleiinga ikkje har høg prioritet i skulen. Som oppfølging har HK-dir gått i dialog med fylkeskommunane om tiltaka som blei foreslåtte i rapporten.

Direktoratet arbeider også for å gjere data meir tilgjengelege for gjenbruk i kunnskapssektoren gjennom programmet Kunnskapssektorens datafellesskap (KUDAF). På nettsida Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) publiserer HK-dir opne, dokumenterte, kontrollerte og standardiserte data om aktivitet i høgare utdanning. Statistikken blir mellom anna brukt i nasjonalrekneskapen og til å berekne finansiering av universiteta og høgskulane. I 2022 blei det henta ut 470 000 datatabellar frå databasen via API.

HK-dir forvaltar nettressursar som utdanning.no og karriereveiledning.no, som gir i rettleiing om utdanning, karriere og arbeid. Ei undersøking frå 2022 viser at 76 pst. av dei 14 000 respondentane meiner utdanning.no er ei nyttig eller svært nyttig teneste. HK-dir har i 2022 vidareutvikla nettsidene dimensjonering.no og finnlærebedrift.no for å betre informasjonen om høvesvis utdanningstilbod for yrkesfag og godkjende lærebedrifter og ledige plassar, slik at tilbod kan sjåast i samanheng med lokale og regionale behov.

Innvandrarar og utsette grupper i arbeidsmarknaden får kompetansetiltak som medverkar til at fleire deltek i arbeids- og samfunnslivet

HK-dir har arbeidd med å sikre og utvikle kvaliteten på norskprøva. I 2022 har 20 030 kandidatar avlagt til saman 61 352 delprøver i norsk. Direktoratet har gjennomført fleire tiltak for å auke kjennskapen til prøver og språknivå. HK-dir har vidare arbeidd med sikring og forbetring av prøvesystemet, noko som har resultert i at det er levert stabile gjennomføringar av prøver i norsk og samfunnskunnskap til målgruppene i 2022.

Direktoratet har også arbeidd med fagleg utvikling og kompetanseheving for karriererettleiarar som rettleier flyktningar og innvandrarar. Dette gjer at dei som mottek rettleiing, får eit betre grunnlag for å gjere val om arbeid og utdanning og kan få meir ut av introduksjonsprogrammet. Mellom anna har HK-dir utvikla ein digital ressurs for dei som underviser i karrierekompetanse.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 452,8 mill. kroner på post 01 og 14 mill. kroner på post 21.

Forslaget omfattar ei eittårig løyving i 2024 på 2 mill. kroner på post 01 til arbeidet med godkjenning av utanlandsk utdanning.

Løyvinga på post 01 er foreslått redusert med 1,5 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 200, post 01 på grunn av ei stilling som tidlegare er flytta frå direktoratet til Kunnskapsdepartementet.

Finansieringa av kontraktsfesta midlar til å produsere offentleg statistikk skal i samband med det nye statistikkprogrammet overførast til Statistisk sentralbyrå. Kunnskapsdepartementet foreslår å overføre 0,8 mill. kroner frå løyvinga på posten til kap. 1620, post 01 under Finansdepartementet. HK-dir har ein avtale med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring om bruk av løysing for rekneskap og lønn, og det står att å overføre 0,2 mill. kroner til kap. 1605, post 01 under Finansdepartementet.

Departementet foreslår tilsvarande som i 2023 ein reduksjon på 3 mill. kroner på post 01 fordi det er lagt til grunn ein økonomisk gevinst for delar av forventa effektivisering i samband med etableringa av direktoratet. Resterande gevinstar blir att i direktoratet for å styrke prioriterte oppgåver og funksjonar.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 01 med 7 000 kroner som oppfølging av regjeringa sitt arbeid med meir effektive kontorleigeavtalar for statlege verksemder.

Løyvinga på post 21 er foreslått auka med 4,6 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 275, post 21. Dette er midlar som skal gå til arbeidet i HK-dir med det nye digitale systemet for gjennomføring av opptaket til høgare utdanning.

Departementet foreslår at løyvinga på kap. 256, post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3256, post 02, jf. forslag til vedtak II nr. 1.

Kap. 3256 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Inntekter frå oppdrag

1 112

1 649

1 721

02

Inntekter frå refusjonar o.a.

47 978

28 108

29 345

Sum kap. 3256

49 090

29 757

31 066

Inntektene på post 01 gjeld oppdragsverksemd for HK-dir. Inntektene på post 02 gjeld hovudsakleg refusjon av kostnader til administrasjon av Erasmus+, EU og Nordisk ministerråd.

Kap. 257 Kompetanseprogrammet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Særskilde driftsutgifter

3 236

7 442

7 898

70

Tilskot, kan overførast

313 585

201 253

202 910

Sum kap. 257

316 821

208 695

210 808

Kompetanseprogrammet omfattar ulike tiltak for kompetanseutvikling i arbeidslivet. Programområda i Kompetanseprogrammet er

  1. treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

  2. utprøvingar av insentivordningar for livslang læring

  3. Kompetansepluss

Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

Treparts bransjeprogram er eit samarbeid mellom staten og partane i arbeidslivet. Målet med bransjeprogramma er at fleire skal delta på kurs og i vidareutdanning i dei bransjane som til kvar tid inngår i ordninga. Permitterte og ledige kan òg delta i kompetanseutvikling innanfor bransjeprogramma. Ordninga skal bidra til at bransjane får tilgang til relevant kompetanseutvikling.

Utprøvingar av insentivordningar for livslang læring

Kompetanseprogrammet legg til rette for å prøve ut ulike insentivordningar for å auke etterspurnaden etter livslang læring. Eit forsøk med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar starta opp i 2021 og går over to år. Sluttrapporten frå forsøket skal kome i desember 2023.

Kompetansepluss

Kompetansepluss er ei tilskotsordning for opplæring i grunnleggande ferdigheiter i lesing og skriving, rekning, IKT, munnlege ferdigheiter og norsk eller samisk, slik at deltakarane får styrkt moglegheitene sine til å delta i arbeids- og samfunnslivet.

Post 21 Særskilde driftsutgifter, og post 70 Tilskot, kan overførast

Post 21 finansierer utgifter til forsking på forsøket med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar og administrasjon av Kompetanseprogrammet i HK-dir, særleg arbeidet med bransjeprogramma. Post 70 finansierer sjølve programmet.

Mål for 2024

Fleire lærer heile livet, slik at dei kan stå lenger i arbeid.

Resultat i 2022

Treparts bransjeprogram for kompetanseutvikling

Det var totalt elleve bransjeprogram i 2022. Det blei gitt tilsegn på om lag 162 mill. kroner til 245 kurs og utdanningstilbod i desse bransjeprogramma. På grunn av stor etterspurnad har mange av utdanningstilboda i bransjeprogramma blitt gjennomførte fleire gongar. I 2022 er det gitt tilsegn til 9 240 deltakarplassar med oppstart i 2022 og 2023. Fafos evaluering av bransjeprogramma, som blei publisert i mars 2022, viser gode resultat og at samarbeidet mellom partane i bransjeprogrammet har fungert etter siktemålet. Alle bransjeprogramma ser ut til å ha samsvart med behova i bransjane og har treft målgruppa på ein god måte.

Forsøk med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar

HK-dir gjennomfører forsøket i samarbeid med Lånekassen, SSB og forskarar frå Frisch-senteret og Fafo. Det var 635 søkarar som fekk stipend under hovudforsøket i studieåret 2022–23. Sluttrapporten frå forsøket kjem i desember 2023.

Kompetansepluss

I Kompetansepluss-utlysinga for 2022 prioriterte HK-dir søknader som kombinerer opplæring i digitale ferdigheiter med lesing og skriving. Det blei tildelt totalt 170 mill. kroner, som gjorde at om lag 8 300 personar fekk sjansen til å delta i ordninga.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 7,9 mill. kroner på post 21 og 202,9 mill. kroner på post 70. Det meste av prisjusteringa på post 70 er omprioritert til andre formål.

Departementet vil vidareføre programområda i Kompetanseprogrammet. HK-dir kan prioritere mellom programområda etter kva slags behov som er viktigast.

Bransjeprogramma for maritim næring og olje-, gass- og leverandørindustrien skal fasast ut i 2024. Departementet vil etablere to nye bransjeprogram – eit for informasjonssikkerheit og IKT og eit for finansnæringa. Programma vil etter planen starte opp i 2023, med første tildeling i 2024.

Kap. 258 Tiltak for livslang læring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast

147 088

129 317

112 836

Sum kap. 258

147 088

129 317

112 836

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Løyvinga finansierer tiltak innanfor kompetansepolitikken, inkludert grunnopplæring for vaksne. Størstedelen av løyvinga blir tildelt Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Løyvinga på posten kan òg bli nytta til å drifte tidsavgrensa arbeid i utval, departement og direktorat og til tilskot til aktørar som blir involverte i kompetansepolitikk og vaksenopplæring.

Mål for 2024

Fleire lærer heile livet, slik at dei kan stå lenger i arbeid.

Resultat i 2022

Rapporteringa nedanfor gjeld dei største tiltaka som det er tildelt midlar til over posten i 2022. I tillegg blei det utbetalt midlar til tiltak i Kompetanseprogrammet over posten i 2022, sjå kap. 257, post 70.

Forsøk med modulstrukturert opplæring for vaksne

Modulforsøket består av tre forsøk og blir gjennomført i 42 kommunar og fem fylkeskommunar. Forsøket med modulstrukturert førebuande vaksenopplæring (opplæring på grunnskulenivå for vaksne) hadde 3 754 deltakarar i juni 2022. Det er ein nedgang frå 2021, men representerer likevel om lag ein tredel av alle vaksne i grunnskulen. Dei aller fleste av deltakarane er minoritetsspråklege. I forsøket med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring var det 369 deltakarar i 2022. Kombinasjonsforsøket gir vaksne høve til å kombinere opplæring i førebuande vaksenopplæring med modulstrukturert fag- og yrkesopplæring. Fire fylkeskommunar er med i forsøket, som hadde 80 deltakarar i 2022.

Den siste følgeevalueringsrapporten frå Ideas2evidence, som blei publisert i januar 2023, viser at dei fleste lærarane og bedriftene meiner opplæringa bidreg til å nå måla om ei meir fleksibel opplæring som er betre tilpassa behova til vaksne. Evalueringa peiker på at det er store fylkesvise variasjonar i praktiseringa av realkompetansevurdering. Delen av deltakarane i forsøket som er realkompetansevurderte, har auka i forsøksperioden. Resultat- og effektevalueringa for forsøket vil halde på til 2026.

Nasjonal digital karriererettleiingsteneste og nasjonalt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing

Den nasjonale digitale karriererettleiingstenesta karriereveiledning.no består av ein nettstad med informasjon og tilgang til profesjonell rettleiing via chat og telefon. Tenesta får gode tilbakemeldingar frå brukarane, og ho kjem i tillegg til lokale, fysiske karriererettleiingstenester. Tenesta leverte i 2022 karriererettleiing via chat og telefon til nær 13 000 personar. I tillegg var det nær 10 000 deltakarar på webinar og nettmøte.

HK-dir har i 2022 arbeidd vidare med å utvikle og setje i verk eit nasjonalt, tverrsektorielt kvalitetsrammeverk for karriererettleiing. Det blei utvikla nye verktøy og innhald på nettstaden Kvalitet i karriereveiledning. Fylkeskommunane melder om at rammeverket og dei digitale ressursane er til god nytte i arbeidet med kvalitet i tenestene.

Kompetanseutvikling for lærarar i vaksenopplæringa

I samarbeid med opplæringsstadane i kommunar og fylke, universitet og høgskular fordelte statsforvaltarane i 2022 midlar til etterutdanning av lærarar som underviser vaksne etter integreringslova og opplæringslova. Ordninga bidreg til å bygge opp tilpassa regionale kompetansetilbod.

Digitale verktøy og informasjon for vaksne som ønsker å ta fagbrev

HK-dir lanserte i 2022 ein ny versjon av tenesta Veien til fagbrev som ein del av samarbeidet mellom HK-dir, AV-dir og IMDi om utvikling av opplærings- og utdanningstenester for arbeidsledige, permitterte og utsette grupper på arbeidsmarknaden. HK-dir melder om at den relanserte tenesta har ført til auka pågang frå bedrifter som vil kvalifisere ufaglærte til fagbrev, og som har vanskeleg for å finne fram til relevante ordningar i fylkeskommunane. I tillegg starta HK-dir arbeidet med tenesta Veien til studiekompetanse i 2022. Tenesta blei lansert i 2023. I samarbeid med nokre fylkeskommunar og Nav er det utvikla modellar for samarbeid om karriererettleiing.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 112,8 mill. kroner på posten. Under er dei største tiltaka som vil bli finansierte av løyvinga på posten, omtala.

Om lag 40 mill. kroner skal gå til forsøket med modulstrukturert opplæring for vaksne. Utgiftene til forsøket er venta å bli reduserte med om lag 20 mill. kroner i høve til 2023 som følge av at det skal avsluttast sommaren 2024. Samstundes foreslår departementet om lag 10 mill. kroner til implementering av modulstrukturert opplæring som hovudmodell i grunnopplæringa for vaksne.

Departementet vil setje av 12,5 mill. kroner til tilskot til fylkeskommunar i samband med drifta av den nasjonale digitale karriererettleiingstenesta karriereveiledning.no.

Departementet vil setje av midlar til digitale verktøy for vaksne som ønsker å ta fagutdanning. Tiltaket skal bidra til at fleire vaksne tek ei fagutdanning, og til betre karriererettleiing for vaksne.

Løyvinga vil òg finansiere ei rekke andre tiltak, som kompetanseutvikling for lærarar i vaksenopplæringa, utgifter til drift av Kompetansebehovsutvalet og utvalet som skal greie ut ei kompetansereform for arbeidslivet, til kvalitetsrammeverket for karriererettleiing og til deltaking i PIAAC (ei internasjonal undersøking av ferdigheitene til vaksne).

Departementet vil ved behov omdisponere midlar mellom dei ulike satsingane på posten.

Programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking

Utgifter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

260

Universitet og høgskular

41 653 574

42 801 762

45 398 672

6,1

270

Studentvelferd

525 784

953 214

720 909

-24,4

271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

186 318

119 342

125 791

5,4

272

Tiltak for internasjonalisering og høgare utdanning

734 776

605 775

370 517

-38,8

273

Kunnskapssektorens tenesteleverandør – Sikt

178 729

182 910

425 635

132,7

274

Universitetssenteret på Svalbard

158 265

158 265

168 386

6,4

275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

283 954

263 601

142 627

-45,9

284

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

19 094

20 119

21 206

5,4

285

Noregs forskingsråd

6 880 749

5 229 094

5 549 991

6,1

286

Regionale forskingsfond

159 012

122 087

-100,0

287

Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

228 426

234 990

245 303

4,4

288

Internasjonale samarbeidstiltak

4 419 542

5 016 256

7 043 367

40,4

289

Vitskaplege prisar

46 138

46 047

49 101

6,6

Sum kategori 07.60

55 474 361

55 753 462

60 261 505

8,1

Inntekter under programkategori 07.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

3271

Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

10 163

4 785

4 995

4,4

3275

Tiltak for høgare utdanning og forsking

10

10

0,0

3288

Internasjonale samarbeidstiltak

16 171

16 414

31 037

89,1

Sum kategori 07.60

26 334

21 209

36 042

69,9

Innleiing

Alle delar av samfunnet dreg stor nytte av kunnskap som er skapt og formidla gjennom forsking og høgare utdanning. Kvaliteten i kunnskapssektoren og ei langsiktig satsing i breidda av ulike fag- og temaområde er avgjerande for å nå dei samla måla til regjeringa på tvers av alle departement og politikkområde. Dei overordna måla for Kunnskapsdepartementet er omtalte i kap. 1 Hovudinnleiinga, og løyvingane under programkategori 07.60 er relevante for alle desse.

Hovudprioriteringar for 2024

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til universitet og høgskular med 1,6 mrd. kroner nominelt samanlikna med revidert budsjett for 2023. Det omfattar 151,1 mill. kroner i resultatbasert utteljing for auken på indikatorane i finansieringssystemet. Forslaget omfattar òg 255 nye studieplassar, inkludert mellom anna 60 studieplassar i medisin og 100 studieplassar i IKT.

Regjeringa foreslår 2,1 mill. kroner i samband med at dei første studentane startar fjerde studieår i den nye, femårige lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag (LUPE) hausten 2024. Frå 2025 til 2029 vil regjeringa foreslå å trappe opp løyvinga etter kvart som studentane tek til på det fjerde og femte studieåret i LUPE ved alle dei seks institusjonane som tilbyr denne utdanninga.

Som del av auken i rammeløyvinga foreslår regjeringa å flytte 338,8 mill. kroner frå program og tilskotsordningar forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse til rammeløyvinga til universiteta og høgskulane. Dette er midlar som er retta mot både kvalitetsarbeidet i sektoren, internasjonalt arbeid og fleksibel og desentralisert utdanning. Flyttinga følger opp målet i Hurdalsplattforma om ei reell avbyråkratisering i høgare utdanning ved å gå gjennom oppgåvene til direktorata og overføre myndigheit til institusjonane. Det følger òg opp forenklinga i finansieringssystemet som inneber større tillit og ansvar til institusjonane.

Regjeringa la hausten 2022 fram langsiktige mål og prioriteringar for forsking i den nye langtidsplanen for forsking og høgare utdanning for 2023–2032. Regjeringa foreslår minst 1 mrd. kroner over fem år til ei satsing på framtidas databehandling – kunstig intelligens, digital tryggleik og samfunnskonsekvensar av teknologiutviklinga.

Regjeringa foreslår ei samla løyving på 6 141,5 mill. kroner til Noregs forskingsråd i 2024 over Kunnskapsdepartementets budsjett som skal bidra til å nå mål og prioriteringar fastsette i langtidsplanen. Regjeringa vil i 2024 mellom anna legge vekt på forsking i næringslivet, norsk fagspråk og nukleære fag inkludert fusjonsenergi. Sjå nærare omtale av langtidsplanen i del III, kap. 5.

Regjeringa foreslår i tillegg å løyve 9 mill. kroner til samisk forsking og høgare utdanning. Regjeringa foreslår å løyve 103,7 mill. kroner i 2024 til ei ordning i Forskingsrådet for å finansiere FoU-prosjekt forankra i behova i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Regjeringa foreslår å løyve 140 mill. kroner i 2024 og vil foreslå 140 mill. kroner i 2025 til å fornye og oppdatere det nasjonale forskingsnettet. Investeringskostnadene skal dekkast gjennom brukarbetaling over estimert levetid på investeringa på 20 år.

Regjeringa foreslår ei startløyving på 178 mill. kroner for prosjektet NTNU Campussamling. Prosjektet inneber å flytte campus på Dragvoll til Gløshaugen for å oppnå meir samverknad mellom fagmiljøa. Regjeringa forventar at prosjektet skal gjennomførast innanfor ein samla kostnad på 6,7 mrd. kroner (styringsramma). For å ta høgde for nødvendig usikkerheit foreslår regjeringa ei kostnadsramme på 7,8 mrd. kroner.

Regjeringa foreslår tilsegner om tilskot til 1 650 nye studenthyblar i 2024.

Overordna rammer i politikken for forsking og høgare utdanning

Ny langtidsplan i forsking og høgare utdanning 2023–2032 set kurs for politikkutviklinga

Hausten 2022 la regjeringa fram ein ny langtidsplan for forsking og høgare utdanning, jf. Innst. 170 (2022–2023) og Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning (2023–2032). Planen set tre overordna mål for politikken for forsking og høgare utdanning:

  • styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne

  • miljømessig, sosial og økonomisk berekraft

  • høg kvalitet og tilgjengelegheit i forsking og høgare utdanning

I tillegg til måla har regjeringa seks prioriterte område:

  • hav og kyst

  • helse

  • klima, miljø og energi

  • mogleggjerande og industrielle teknologiar

  • samfunnstryggleik og beredskap

  • tillit og fellesskap

I langtidsplanen lanserte regjeringa samfunnsoppdrag som eit nytt verkemiddel for å finne løysingar på komplekse samfunnsutfordringar. Det er no i gang eit arbeid med å utforme nærare og foreslå tidfesta mål og delmål for dei to nasjonale samfunnsoppdraga: berekraftig fôr og inkludering av fleire barn og unge i utdanning og arbeids- og samfunnsliv. Regjeringa tek sikte på å avgjere ambisjonane for begge samfunnsoppdraga i første halvdel av 2024. Regjeringa vil i tillegg greie ut eit samfunnsoppdrag om sirkulær økonomi, jf. fleirtalsmerknad til Innst. 170 S (2022–2023). Sjå ytterlegare omtale av dette i Prop. 1 S (2023–2024) for Klima- og miljødepartementet. Sjå nærare omtale av langtidsplanen i del III, kap. 5.

Ny universitets- og høgskulelov

Departementet har følgt opp universitets- og høgskuleutvalet, jf. NOU 2020: 3 Ny lov om universiteter og høyskoler, med ein heilskapleg gjennomgang av lova, som blei lagd fram for Stortinget sommaren 2023, jf. Prop. 126 L (2022–2023). I arbeidet har departementet òg vurdert lovendringsforslaga frå NOU 2022: 2 Akademisk ytringsfrihet. Målet er ei ny universitets- og høgskulelov som er oppdatert, tydelegare og betre tilpassa særlege utfordringar i universitets- og høgskulesektoren. Det blir mellom anna foreslått å klargjere ansvaret til institusjonane for å verne dei som utøver den akademiske fridommen, å stramme inn reglane om mellombelse tilsetjingar, å modifisere kravet om to sensorar ved eksamen, å slå fast at nedlegging av studiestadar skal vere ei politisk avgjerd, og reglar som skal styrke norsk og samisk fagspråk.

Kunnskapsdepartementet tok i januar 2023 imot ein rapport frå ei ekspertgruppe som har vurdert dei gjeldande akkrediteringskrava for universitet. Rapporten, Kvalitets- og akkrediteringskrav for norske universiteter, har vore på høyring våren 2023. Han blir vidare følgd opp med eventuelle endringar i relevante lover og forskrifter.

Endra finansieringssystem for universiteta og høgskulane

Regjeringa la i utsynsmeldinga fram eit forenkla finansieringssystem for universiteta og høgskulane, jf. Innst. 472 (2022–2023) og Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge. Endringane gir institusjonane meir tillit, handlingsrom og ansvar for å prioritere og dimensjonere innanfor rammeløyvinga for å nå sektormåla og verksemdsmåla. Dei tydeleggjer òg at det ikkje er det resultatbaserte finansieringssystemet som er hovudverktøyet regjeringa og Stortinget har for å signalisere mål og prioriteringar for forsking og høgare utdanning.

Hovuddelen av løyvinga til universiteta og høgskulane er rammeløyvinga tildelt direkte frå Kunnskapsdepartementet. Frå og med 2025 vil det berre vere gjennomførte studiepoeng, ein ny indikator for fullføring av studieprogram og doktorgradsindikatoren som får regelstyrt utteljing. Fastsetjing av rammeløyvinga må sjåast i samanheng med andre finansieringskjelder. Ein betydeleg del av forskingsfinansieringa skjer gjennom andre kanalar, som Noregs forskingsråd og EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, basert på fagfellevurderingar av forskingsresultat. Sjå nærare omtale av endringane i del III, kap. 11.

Ny forskrift om eigenbetaling

Ein viktig del av samfunnsoppdraget til utdanningsinstitusjonane er å bidra til at studentane og arbeidslivet nasjonalt og regionalt får den kompetansen dei treng. Ein føresetnad for dette er at det finst både grunnutdanningar og vidareutdanningar som er tilgjengelege og fleksible, at folk kan ta utdanning der dei bur, og at det er mogleg å få påfyll av kompetanse gjennom heile livet. Endringane i finansieringssystemet bidreg til det ved at det ikkje vil vere skilje mellom gradsutdanning og vidareutdanning i satsane for studieplassar og studiepoeng. I tillegg har Kunnskapsdepartementet fastsett endringar i eigenbetalingsforskrifta frå og med 2024, med ein overgangsperiode til 2025. Universiteta og høgskulane kan bruke innhald frå ordinære utdanningstilbod når dei utviklar studiepoenggivande tilbod for dei med arbeidserfaring, og dei kan tilby heile gradar mot betaling. Ein føresetnad er at tilboda er tilpassa yrkesaktive med minst to års arbeidserfaring.

Studieavgift for studentar utanfrå EØS og Sveits

I statsbudsjettet for 2023 foreslo regjeringa at studentar frå land utanfor EØS og Sveits frå hausten 2023 skal betale minst kostnadsdekkande studieavgift ved statlege universitet og høgskular og private høgskular med statstilskot. Stortinget har vedteke endringane i universitets- og høgskulelova, jf. Innst. 378 L (2022–2023) og Prop. 68 L (2022–2023). Det skal ikkje krevjast studieavgift frå: utanlandske borgarar som etter internasjonale avtalar har rett til likebehandling med norske statsborgarar; utanlandske borgarar som på grunn av tilknyting til Noreg har rett til lån og stipend til utdanning i Noreg; doktorgradskandidatar; utvekslingsstudentar på avtalar mellom norske og utanlandske universitet og høgskular når det ikkje ligg til grunn eigenbetaling. Departementet har vidare fastsett forskrift om fleire unntak frå studieavgifta, mellom anna for studentar som er omfatta av eit nasjonalt finansiert samarbeidsprogram retta mot det globale sør, for studentar som deltek på studieprogram som institusjonen tilbyr i samarbeid med institusjonar i utlandet (fellesgrad), og for urfolk ved Samisk høgskole. Private høgskular som mottek statstilskot, kan ikkje bruke statstilskotet til å dekke driftskostnader ved utdanning for studentar frå land utanfor EØS og Sveits som skal betale studieavgift.

Som varsla i Prop. 68 L (2022–2023), gav departementet våren 2023 Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) i oppdrag å greie ut moglege stipendordningar for internasjonale studentar frå land utanfor EØS og Sveits. Som ein del av utgreiinga har HK-dir kartlagt erfaringar frå Danmark, Sverige og Finland, der ulike stipendordningar blei innførte parallelt med innføringa av studieavgift i høvesvis 2006, 2011 og 2017. I utgreiinga viser HK-dir til erfaringar frå Sverige, der stipendprogram innretta mot rekrutteringa av studentar frå utviklingsland har vist seg å vere eit effektivt verkemiddel. Regjeringa vil med verknad frå studieåret 2024–25 etablere ei ny målretta stipendordning for internasjonale studentar frå utviklingsland (ODA-mottakarland). Ordninga vil bli administrert av HK-dir. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Utanriksdepartementet.

Gjennomgang av forskingssystemet

I langtidsplanen for forsking og høgare utdanning varsla regjeringa at ho vil legge fram ei stortingsmelding i 2025 om forskingssystemet. Forskingssystemet omfattar dei aktørane som driv, påverkar og brukar forsking, og relasjonane mellom dei. Fleire store trendar og utviklingstrekk påverkar forskingssystemet. Døme på slike kan vere endra føresetnader som følge av tryggleikspolitiske omsyn, digital og grøn omstilling, og mindre rom for vekst i forskingsløyvingane. Utviklinga krev nytenking om politikken for både langsiktig grunnforsking og for den anvendte forskinga slik at vi kan møte utfordringane på ein kunnskapsbasert måte. Meldinga vil sjå på heile systemet, samanhengen mellom nivåa og korleis systemet samla bidreg til å nå måla i langtidsplanen.

Arbeid med endra regelverk for opptak til høgare utdanning

I desember 2022 tok Kunnskapsdepartementet imot ei offentleg utgreiing frå opptaksutvalet, jf. NOU 2022: 17 Veier inn – ny modell for opptak til universiteter og høyskoler. Utvalet gjekk gjennom regelverket for opptak til høgare utdanning og foreslo i rapporten ein ny modell for opptak til høgare utdanning. Kunnskapsdepartementet vurderer no forslaga til ny modell. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med forslag til nytt opptakssystem våren 2024.

Norsk fagspråk

Dei siste åra har stadig meir undervisning og forsking ved universitet og høgskular vore på engelsk. Regjeringa vil at norsk skal vere eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg. I Frå ord til handling – handlingsplan for norsk fagspråk i akademia legg regjeringa fram konkrete grep for å trygge og styrke norsk fagspråk for framtida. Tiltaka omfattar mellom anna føringar for norsk fagspråk i undervisning og læring, styrking av norskkompetansen til undervisarane og meir innsats for forsking og formidling på norsk.

Utdanning i tråd med samfunnsbehova

God tilgang til høgare utdanning er avgjerande for at den einskilde og samfunnet skal oppnå kompetansen som trengst for å løyse oppgåvene samfunnet står overfor. Arbeidsløysa er låg i dag. Framskrivingane viser at ein mindre del av befolkninga framover vil vere i arbeidsfør alder, og det kan bli vanskelegare å rekruttere arbeidskraft frå utlandet. Det blir derfor endå viktigare framover at universiteta, høgskulane, fagskulane og institusjonar i vidaregåande opplæring prioriterer utdanningstilbod som best mogleg samsvarar med behova i samfunnet. I utsynsmeldinga peikar regjeringa på kompetanse som er nødvendig for eit høgproduktivt og konkurransedyktig næringsliv, kompetanse som er nødvendig for å gjennomføre det grøne skiftet, og kompetanse som er nødvendig for å ha gode velferdstenester i heile landet.

Fleksibelt og desentralisert tilbod gjer utdanning tilgjengeleg for fleire

Regjeringa vil at studietilbod skal bli endå meir tilgjengelege for folk i heile landet som av ulike årsaker ikkje kan studere ved ein av dei faste studiestadane til fagskular, universitet og høgskular. Meir tilgjengeleg utdanning i distrikta medverkar til å mobilisere verksemder og innbyggarar lokalt til å prioritere meir utdanning. Å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire er ein sentral del av samfunnsoppdraget til institusjonane.

Regjeringa foreslår å auke rammeløyvinga til universitet og høgskular med 200 mill. kroner for å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire gjennom å styrke det desentraliserte og fleksible tilbodet. Midlane blir fordelte til institusjonane dels ut frå kor tilgjengelege dei faste campusane er i regionar med dårlegare tilgang til høgare utdanning, og dels ut frå omfanget av fleksibel og desentralisert undervisning utanfor dei faste campusane. Fordelinga styrker fleircampusinstitusjonane som blei slått saman i strukturreforma, og gjer det mogleg å halde oppe og vidareutvikle studiestadar som spelar ei viktig rolle for samfunnsutviklinga i regionane.

Regjeringa vil vidareføre 50 mill. kroner til tilskotsordninga for studiesentera gjennom den søknadsbaserte ordninga i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Regjeringa vil vurdere korleis ordninga skal forvaltast framover, jf. Meld. St. 27 (2022–2023) Eit godt liv i heile Noreg – distriktspolitikk for framtida.

Profesjonsutdanningar som gir relevant og oppdatert kompetanse

Tilstrekkeleg kapasitet og kvalitet i profesjonsutdanningane er nødvendig for å bemanne sentrale samfunnstenester til innbyggarane og for at dei held høg kvalitet. Regjeringa vil legge fram ei stortingsmelding om profesjonsutdanningane i 2024. Meldinga skal innehalde tiltak som bidreg til at samfunnet har god tilgang på kompetent arbeidskraft, at profesjonsutdanningane gir relevant og oppdatert kompetanse, og at utdanningane rekrutterer frå heile befolkninga.

Regjeringa foreslår ytterlegare 60 nye studieplassar i medisin frå 2024, i tillegg den allereie styrkte årlege kapasiteten på til saman 125 medisinplassar frå perioden 2020–23. Vidare foreslår regjeringa 20 studieplassar til etablering av fysioterapiutdanning ved Høgskolen i Innlandet i Elverum og 20 studieplassar i vernepleie ved Høgskolen i Innlandet på Kongsvinger.

Det er framleis behov for fleire sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar. Mangel på praksisplassar er ei utfordring både for sjukepleiarutdanningane og for andre profesjonsutdanningar. Regjeringa arbeider for meir kapasitet og høgare kvalitet i praksis for helse- og sosialfagstudentar gjennom oppfølging av den bilaterale samarbeidsavtalen med KS. Regjeringa vil også halde fram satsinga på bu- og reisestønad til studentane og andre tiltak som støttar opp under kvalitet og kapasitet i praksis i kommunar langt frå campus.

Regjeringa har sett i gang eit arbeid med å redusere rammeplanstyringa av lærarutdanningane. Departementet har forenkla dei elleve rammeplanane etter anbefaling frå eit rammeplanutval og Universitets- og høgskolerådet. Regjeringa har nedsett ei ekspertgruppe om styring av lærarutdanningane. Eit av måla er at kvalitetsutviklingsarbeidet i lærarutdanningane gjer det mogleg å redusere rammeplanstyring til eit minimum.

Det er framleis behov for å auke kvaliteten i barnehagelærarutdanninga og for å rekruttere fleire kvalifiserte søkarar til lærarutdanningane. Regjeringa vidarefører derfor løyvingane til desse tiltaka, og til partnarskapssamarbeid mellom lærarutdanningsinstitusjonar og skule- og barnehageeigarar. Regjeringa har ei brei tilnærming for å rekruttere fleire til læraryrket. Ein viktig del av dette er at fleire søker seg til, og fullfører ei av lærarutdanningane. Oppfølginga av Stortingets vedtak nr. 690, 25. mai 2023 om å lage ein strategi for auka rekruttering av lærarar vil være sentralt i dette arbeidet.

Samisk språk, kultur og samfunnsliv er viktig for kompetanse og rekruttering i barnhage, grunnopplæring og høgare utdanning

Dei samiske språka er truga, og Noreg har forplikta seg internasjonalt til å beskytte dei. Samiske barn har rett til opplæring i samisk språk og kultur, men i Noreg er ikkje krava innfridde. Dei samiske studietilboda ved Nord universitet, Samisk høgskole og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet er ikkje fullt utbygde på alle dei tre samiske språka sør-, lule- og nordsamisk.

I Meld. St. 13 (2022–2023) Samisk språk, kultur og samfunnsliv – Kompetanse og rekruttering i barnehage, grunnopplæring og høyere utdanning legg regjeringa vekt på at fleire må kvalifiserast for studiar. Dei samiske fagmiljøa må styrkast, og lærarutdanningstilbodet må byggast ut og bli meir tilgjengeleg og attraktivt. Regjeringa vil derfor støtte tiltak som senter for samisk leksikografi, styrke fagmiljøa i sør- og lulesamisk og støtte fleksible nordsamiske språk- og lærarutdanningar med eit nasjonalt nedslagsfelt.

Digitale teknologiar og infrastrukturar

Nødvendig digital omstilling i universitets- og høgskulesektoren

Digital omstilling i undervisning, forsking og innovasjon blir avgjerande for universiteta og høgskulane når dei skal møte regionale kompetansebehov og bidra til å skape eit innovativt næringsliv i heile landet. Den nasjonale strategien for digital omstilling i universitets- og høgskulesektoren 2021–2025 skal bidra til å gi fleire tilgang til utdanning uavhengig av bustad og livssituasjon. Han skal òg bidra til undervisningskvalitet og studentaktive læringsformer, studietilbod med nødvendig yrkestilpassa digital kompetanse, open forsking og deling av data og andre digitale ressursar. Universiteta og høgskulane er i gang med å følge opp digitaliseringsstrategien. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har i samarbeid med institusjonane utarbeidd ein handlingsplan for perioden 2023–25 for å følge opp strategien, og arbeider med ein årleg tilstandsrapport for digital omstilling i sektoren.

Meir kapasitet, kunnskap og kompetanse i kunstig intelligens

I september 2023 lanserte regjeringa ei forskings- og innovasjonssatsing på framtidas databehandling – kunstig intelligens (KI), digital tryggleik og samfunnskonsekvensar av teknologiutviklinga. Dei fleste samfunnsområda blir påverka av endringar som følge av utviklinga av KI. For å møte utviklinga må Noreg ha nok kapasitet, kunnskap og kompetanse for å få auge på konsekvensar og moglegheiter av dette digitale teknologiskiftet. Regjeringa har gitt Forskingsrådet i oppdrag å konkretisere satsinga, som vil vere på minst 1 mrd. kroner over ein femårsperiode.

Nye verktøy baserte på kunstig intelligens, som ChatGPT, kan få stor betydning mellom anna for læring og vurdering. Det er høg aktivitet hos universitet og høgskular for å samle kunnskap, dele og diskutere denne teknologien. I arbeidet med å følge opp strategi og handlingsplan for digital omstilling i høgare utdanning og forsking vil HK-dir mellom anna følge med på korleis undervisnings- og vurderingsformer endrar seg når kunstig intelligens blir meir utbreidd.

Styrking av digitale infrastrukturar for forsking, høgare utdanning og opptak

Det er behov for å forbetre forskingsinfrastrukturen ved å oppgradere det nasjonale forskingsnettet, som vil sikre at Noreg har ei nasjonal nettilkopling med høg kapasitet og tryggleik til det internasjonale forskarfellesskapet. Forskingsnettet gjer det mogleg å drive relevant forsking, overføre store datamengder og bruke superdatamaskinar. Regjeringa prioriterer derfor denne oppgraderinga.

Samstundes vil regjeringa styrke infrastrukturen for samfunnsøkonomiske data og helsedata ved å sikre at microdata.no blir vidareutvikla med meir data og fleire variablar for å støtte bruk av registerdata hos små og store aktørar i heile landet.

Samordna opptak står for gjennomføringa av opptaket til høgare utdanning, som i 2023 gjeld over 135 000 søkarar. Dei digitale systema for å behandle søknader blei utvikla på 1990-talet og tidleg på 2000-talet. Systema er i dag utdaterte, har stor driftsrisiko, er lite brukarvennlege og oppfyller ikkje lovkrav til datasystem. I 2023 blei det starta eit arbeid med å utvikle eit nytt IT-system for Samordna opptak. Målet med prosjektet er å utvikle eit sikkert, påliteleg og framtidsretta system, slik at opptaket til høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning kan gjennomførast også i komande år. Planane legg til grunn at bruksområdet for systema kan bli utvida til å omfatte opptak til fleire typar utdanning i framtida. Kunnskapssektorens tenesteleverandør – Sikt og HK-dir vil halde fram arbeidet i 2024.

Innovasjon – Strategi for at forsking og utviklingsarbeid i næringslivet skal utgjere to pst. av BNP innan 2030

Evna til å utvikle og ta i bruk ny kunnskap er blant dei viktigaste konkurransefaktorane for norsk næringsliv. Kunnskap er avgjerande for å bidra til ei berekraftig omstilling i eksisterande næringar og som eit grunnlag for etablering av nye næringar. Næringslivet står i dag for ein stor del av Noregs samla innsats innanfor forsking og utviklingsarbeid (FoU), og det har vore ei positiv utvikling i FoU-investeringane i næringslivet dei seinare åra. Samstundes investerer norsk næringsliv framleis noko mindre i FoU enn gjennomsnittet for OECD-landa.

Frå 2020 til 2021 gjekk den samla FoU-delen av BNP ned frå 2,24 til 1,94 pst. Nedgangen i andelen av BNP kjem av at BNP auka langt kraftigare enn FoU-kostnadene.

Gitt betydninga av FoU for Noregs framtidige omstillings- og verdiskapingsevne er det ikkje godt nok at Noreg presterer middels på FoU-investeringane i næringslivet. Regjeringa vil våren 2024 legge fram ein strategi for å følge opp målet i Hurdalsplattforma om at forsking og utvikling i næringslivet skal utgjere to pst. av BNP innan 2030.

Internasjonalt samarbeid og utveksling

Noreg treng å ta del i internasjonalt samarbeid for forsking og utdanning

Noreg er avhengig av internasjonalt samarbeid og dialog på tvers av landegrensene for å handtere dei store samfunnsutfordringane. Noregs deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon (Horisont Europa) og EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett (Erasmus+), saman med ei brei og god involvering i dei europeiske områda for utdanning (EEA) og forsking (ERA), gjer det mogleg å utvikle og samarbeide om utdanning, forsking og innovasjon med andre land. Gjennom Nasjonal handlingsplan for Det europeiske forskningsområdet 2022–2024 bidreg Noreg til å følge opp felles europeisk politikk for å styrke europeisk forsking og innovasjon og auke samarbeidet om store samfunnsutfordringar, som grønt og digitalt skifte.

Samarbeid med leiande internasjonale kunnskapsmiljø bidreg til å auke kvaliteten i norske fagmiljø, og regjeringa er oppteken av eit sterkt utdannings- og forskingssamarbeid med strategisk viktige land utanfor EU/EØS. Gjennom oppfølging av Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Sør-Korea, Kina, Sør-Afrika og USA (2021–2027) bidreg utdannings- og forskingsmiljøa til etablering, bygging og vidareutvikling av strategiske partnarskapar av framifrå kvalitet. Partnarskapsprogramma UTFORSK og INTPART er sentrale verkemiddel som bidreg til å auke utdannings- og forskingssamarbeidet med dei prioriterte landa.

Ansvarleg internasjonalt samarbeid

Regjeringa er oppteken av å få til ein god balanse mellom ein open og internasjonalt orientert høgare utdannings- og forskingssektor og behovet for auka varsemd, slik at norsk kunnskap og teknologi ikkje blir misbrukt i strid med dei tryggleiks- og forsvarspolitiske interessene våre. Bakteppet er den geopolitiske utviklinga, som også påverkar rammevilkåra for internasjonalt kunnskapssamarbeid.

For å bidra til meir kunnskap og medvit om ansvarleg internasjonalt samarbeid har Kunnskapsdepartementet etablert Rundebord for akademisk samarbeid med Kina som ein fast møteplass for informasjonsutveksling mellom styresmaktene og norske høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar. I tillegg har Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse og Noregs forskingsråd i 2023 på oppdrag frå Kunnskapsdepartementet lagt fram nasjonale retningslinjer for ansvarleg internasjonalt samarbeid som ein digital ressurs. Retningslinjene skal vere eit praktisk verktøy som rustar institusjonane til å gjere gode vurderingar av konkrete samarbeid, slik at nasjonale interesser blir sikra.

Utanriksdepartementet arbeider med endringar i eksportkontrollregelverket, mellom anna med innføring av ei ny lisensordning knytt til kunnskapsoverføring. Regjeringa har òg vedteke å opprette ein eigen etat for å styrke arbeidet med gjennomføring av sanksjonar og eksportkontroll. Dette vil få praktiske konsekvensar for høgare utdannings- og forskingssektoren, og Kunnskapsdepartementet følger opp prosessane i tett dialog med sektoren. Det er viktig for Kunnskapsdepartementet at regelverket blir følgt, og samstundes at den nye lisensordninga ikkje skaper unødige hinder for sektoren og det internasjonale samarbeidet.

Styrkt arbeid med tryggleik og beredskap i høgare utdannings- og forskingssektoren

Dei norske tryggleiks- og etterretningstenestene har dei seinaste åra peika konkret på kunnskapssektoren som eit attraktivt mål for etterretningsverksemda til framande statar, mellom anna som følge av tilgang til avansert forskingsinfrastruktur. Regjeringa held fram med å styrke arbeidet med tryggleik og beredskap i sektoren gjennom fleire tiltak.

Departementet inviterte underliggande verksemder til eit sektormøte om tryggleik i november 2022 saman med etterretnings- og tryggingstenestene. Slike møte skal arrangerast ved behov dei komande åra og skal styrke kunnskapen i sektoren om tryggingstruslar og tiltak.

Kunnskapsdepartementet har utnemnt eit råd for samfunnstryggleik og beredskap i kunnskapssektoren. Beredskapsrådet medverkar til samordna praksis og erfaringsutveksling i sektoren. I 2022 publiserte dei mellom anna ein rettleiar for analysar av risiko og sårbarheit for kunnskapssektoren.

Det er viktig at den einskilde har høg kompetanse om korleis ein bør handtere uønskte hendingar. Sikresiden.no gir om lag 400 000 studentar og tilsette og 33 verksemder i universitets- og høgskulesektoren brukarvennleg informasjon og opplæring på feltet. Dei siste åra har sikresiden.no mellom anna utvikla ein ressurs med rettleiing og e-læring om korleis ein kan trygge informasjonsverdiar og førebygge spionasje retta mot høgare utdanning og forsking.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har ansvaret for den løpande sektorstyringa av informasjonstryggleik og personvern i høgare utdanning og forsking. Direktoratet kartlegg og vurderer tilstand og risiko i høgare utdannings- og forskingssektoren og følger opp med tiltak for å redusere risikoen. I 2022 viste kartlegginga for første gong at talet på brot på informasjonstryggleiken og personvernet gjekk ned.

Sjå programkategori 07.10 for omtale av departementet sitt arbeid med tryggleik og beredskap i alle sektorane under Kunnskapsdepartement.

Bygg for undervisning og forsking som legg best mogleg til rette for høg kvalitet

Bygg i universitets- og høgskulesektoren skal legge til rette for forsking og utdanning av høg kvalitet. Sektoren disponerer rundt 3,6 mill. kvadratmeter og representerer med dette den største byggporteføljen i statleg sivil sektor. Om lag 2,7 mill. kvadratmeter er statleg eigd, og nokre institusjonar leiger i den private marknaden. Statlege byggeprosjekt blir finansierte etter ulike modellar. I ordinære byggeprosjekt løyver Stortinget midlar til investeringa særskilt over budsjettet til Kommunal- og distriktsdepartementet. I brukarfinansierte byggeprosjekt i statens husleigeordning blir investeringa dekt av leigetakaren gjennom auka husleige og innanfor uendra rammeløyving for institusjonen. Statsbygg er byggherre for desse prosjekta. I tillegg kan institusjonane gjennomføre prosjekt i eigen regi innanfor uendra rammeløyving.

Det har vore store investeringar i bygg for universitets- og høgskulesektoren i dei siste åra. I 2024 vil regjeringa halde fram arbeidet med å bygge Livsvitskapsbygget, Vikingtidsmuseet og Blått bygg og foreslår å starte bygging av NTNU Campussamling. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Realisering av prosjektet Norsk havteknologisenter i Trondheim vil òg påverke verksemda til NTNU. Sjå omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Nærings- og fiskeridepartementet og Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Vedlegg 3 gir ei oversikt over prosjekt under bygging i sektoren.

Regjeringa greier ut alternativ for betre insentiv i vurderinga og gjennomføringa av nye bygg ved universiteta som forvaltar bygg gjennom kapitalbelastning, og vil kome tilbake til Stortinget på ein eigna måte.

Regjeringa greier òg ut alternativ til den noverande modellen for statlege byggeprosjekt i statleg sivil sektor for prosjekt i universitets- og høgskulesektoren.

Tiltak som bidreg til fleire studentbustadar

Regjeringa har høge ambisjonar om å bygge nye studentbustadar og foreslår tilsegn om tilskot til 1 650 nye hybeleiningar i 2024. Regjeringa har som mål at det blir bygd 3 000 nye studentbustadar årleg. I 2023 gjennomførte regjeringa tiltak som skal sikre at fleire studentbustadar blir bygde, etter nokre år med låge søkartal. Kostnadsramma per hybeleining auka til 1 450 000 kroner, og prosjekt som er ferdige innan fire år etter tilsegna om tilskot, kan nytte den prisjusterte ramma som gjeld når bygget står ferdig. Tiltaka har resultert i fleire søknader frå samskipnadene.

Kap. 260 Universitet og høgskular

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

50

Statlege universitet og høgskular, kan nyttast under post 70

39 565 542

40 600 307

43 086 156

70

Private høgskular, kan nyttast under post 50

2 088 032

2 201 455

2 312 516

Sum kap. 260

41 653 574

42 801 762

45 398 672

Post 50 Statlege universitet og høgskular, kan nyttast under post 70, og post 70 Private høgskular, kan nyttast under post 50

Mål for 2024

Følgande overordna mål gjeld frå 2023 for universitet og høgskular som får løyving frå Kunnskapsdepartementet over kap. 260:

  • Høg kvalitet i utdanning og forsking

  • Berekraftig samfunnsutvikling, velferd og innovasjon

  • God tilgang til utdanning, forsking og kompetanse i heile landet

Måla er fastsette for å reflektere dei aktuelle politiske hovudprioriteringane for universitet og høgskular og etter innspel frå sektoren. Måla er òg sette i samanheng med måla i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, som gjeld uavhengig av sektor.

Departementet har utviklingsavtalar med kvart av dei statlege universiteta og kvar av dei statlege høgskulane, og det blei i 2022 fastsett nye utviklingsavtalar for perioden 2023–26. Avtalane har differensierte mål og styringsparametrar som omfattar strategiske prioriteringar som den einskilde institusjonen har for å bidra til å nå dei nasjonale sektormåla. Avtalane inngår i tildelingsbreva til institusjonane.

Departementet har ikkje utviklingsavtalar med dei private høgskulane, men følger opp mål og resultat som del av tilskotsforvaltninga.

Resultat i 2022

God tilgang til utdanning

Studenttalet stabiliserer seg etter pandemien

Hausten 2022 var det om lag 295 000 registrerte studentar ved norske universitet og høgskular med finansiering frå Kunnskapsdepartementet. Det er ein reduksjon på 9 000 samanlikna med året før, men høgare enn talet på 279 000 registrerte studentar i 2019, før covid-19-pandemien. Om lag 17 pst. av studentane var registrerte på private høgskular. Omrekna til heiltidsekvivalentar var studenttalet 258 000 i 2022, samanlikna med 264 000 i 2021.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det var om lag 13 000 norske studentar ved universitet og høgskular i utlandet i 2022, og det er ein liten reduksjon frå 2021. Dette talet har gått ned kvart år sidan 2014, då det var rundt 17 000.

Høgare utdanning bidreg til sosial utjamning

I aldersgruppa 19–24 år var 37 pst. studentar i Noreg eller i utlandet i 2022, og det har vore ein auke frå 2008, då delen var om lag 30 pst. Dei som har minst éin forelder med lang høgare utdanning (meir enn fire år), er i større grad studentar sjølve. Dess høgare utdanning foreldra har, dess høgare er prosentdelen studentar. Sidan 2008 er det likevel størst auke blant dei som har foreldre utan høgare utdanning. For dei som har foreldre med høgare utdanning, er prosentdelen studentar relativt stabil, medan delen har auka med 9 prosenteiningar for dei med foreldre med vidaregåande utdanning og 10 prosenteiningar for dei med foreldre med grunnskuleutdanning.

Meir fleksible og desentraliserte tilbod

I 2022 var nesten 10 pst. av alle studentane registrerte på tilbod med nettbasert eller desentralisert undervisning. Før 2014 var det fleire studentar på desentraliserte tilbod enn på nettbaserte, men frå og med det året vaks talet på nettstudentar forbi talet på studentar på desentraliserte tilbod. Trenden med at desentralisert undervisning går tilbake medan det nettbaserte aukar, heldt fram i 2022.

I 2022 lyste HK-dir ut 184 mill. kroner til fleksibel og desentralisert utdanning som utdanningsinstitusjonane og studiesentera kunne søke på. 150 mill. kroner blei tildelt fagskular, høgskular og universitet til arbeid med fleksibel utdanning, og 34 mill. kroner gjekk til studiesenter. Utdanningstilboda er spreidde over heile landet der det er lokalt, regionalt og nasjonalt behov, slik som profesjonsutdanningar, teknologi, digitalisering og grønt skifte.

Høg kvalitet i utdanning og forsking

Gode utdannings- og forskingsmiljø

Kvaliteten i forsking og utdanning er avhengig av at fagmiljøa skaffar fram ny kunnskap og får studentane til å lære, og av korleis denne kunnskapen bidreg til samfunnsutviklinga. Kunnskap gir nytte for samfunnet over svært lang tid, men dette lèt seg ikkje talfeste direkte. Kvaliteten kan derfor ikkje avgjerast kvantitativt eller på kort sikt. Kvantitative rapportar kan likevel gi relevant informasjon om kvalitetsutviklinga, sjølv om dei ikkje gir eit heilskapleg bilete.

Talet på studiepoeng stabiliserer seg etter pandemien

Under covid-19-pandemien var det fleire enn nokon gong som søkte seg til høgare utdanning, på grunn av arbeidsløysa. Av statistikken ser det ut til at aktiviteten i universitets- og høgskulesektoren er i ferd med å stabilisere seg på same nivå som før pandemien. I 2022 tok kvar student i gjennomsnitt færre studiepoeng enn i 2020 og 2021. Men studentane tek fleire studiepoeng enn i 2019, 46,7 samanlikna med 46,1, og nivået i 2022 er høgare enn det har vore i gjennomsnitt dei siste ti åra.

Fleire i relevant arbeid etter utdanning

Over tid har strykprosenten gått ned i høgare utdanning. Under pandemien var han særleg låg. I 2022 er strykprosenten på 7,1 pst., tilbake på same nivå som i 2019. På bachelorgradsnivå har fullføringsgraden for kull som etter normert tid skulle fullføre bachelor i 2022, gått opp med nærare 2 prosenteiningar samanlikna med kulla som starta året før. På masterutdanningar har det derimot vore ein svak nedgang på same indikator. NIFU gjennomfører kandidatundersøkingar annakvart år. Undersøkinga frå 2021 viser at delen av mastergradskandidatar som var arbeidsledige eller undersysselsette eller hadde ein jobb som samsvarte dårleg med utdanninga, var den lågast observerte dei siste ti åra. I ein stram arbeidsmarknad er det liten grunn til å tru at denne delen var vesentleg høgare i 2022.

Noko mindre nøgde studentar

Sjølv om restriksjonane i samfunnet blei avvikla og universiteta og høgskulane kunne drive ordinært i starten av 2022, viser Studiebarometeret at studentane har blitt noko mindre nøgde med studia samanlikna med dei to føregåande åra. På ein skala frå 1 til 5 har gjennomsnittet gått frå 4,0 til 3,8 på spørsmålet om studentane er einige i påstanden om at dei alt i alt er nøgde med studieprogrammet sitt. NOKUT peikar på at det kan kome av at studentane hadde høge forventningar til programma etter pandemien, og at desse ikkje blei fullstendig innfridde. Dei meiner òg det kan kome av at den økonomiske situasjonen generelt har negativt innverknad på kor nøgde studentane er. NOKUT peikar også på at endringar i spørjeskjemaet kan vere med på å forklare noko av endringane. Sjølv om den samla vurderinga av studia har gått ned, er studentane litt meir nøgde no enn dei var i 2021 med den faglege rettleiinga og tilbakemeldinga frå dei tilsette.

Gjennomførte doktorgradar og kvalitet i forsking

For sektoren samla var det ein liten nedgang samanlikna med 2021 i gjennomføringsgrad i doktorgradsutdanninga, men tala har vore relativt stabile over tid. I 2022 blei det avlagt 1 562 doktorgradar, 39 færre enn i 2021. Innanfor eit etterspurt område, IKT, blei det registrert fleire doktorgradsavtalar i 2022 enn det er gjort kvart år sidan 2013. I 2022 blei det registrert 776 avtalar.

Det er eit positivt teikn for kvaliteten på norsk forsking når mange forskarar får stipend frå Det europeiske forskingsrådet (ERC), som er ein finansieringsarena med høg konkurranse og vekt på framifrå vitskapleg kvalitet. I 2021 var det rekordmange (30) norske søknader som fekk tilslag, men i 2022 var talet (21) tilbake på nivået i åra før. Den største delen av innvilga prosjekt frå Noreg, finn vi blant dei som får Consolidator Grant, det vil seie dei med mellom sju og tolv års erfaring etter doktorgraden. Fagleg er det søkarar i humaniora og samfunnsfag som gjer det best, og dei siste fem åra har over halvparten av innvilga prosjekt frå Noreg høyrt til i desse faga. Det er langt over gjennomsnittet for heile ERC, der berre ein firedel av prosjekta dei siste fem åra høyrer til humaniora og samfunnsfag.

Deltaking i internasjonale samarbeid

Studentutveksling

Som følge av strenge internasjonale reisereglar blei studentutvekslinga om lag halvert i 2020. I takt med at covid-19-pandemien har sleppt taket, har utvekslingsgraden stige. Tilstandsrapporten for høgare utdanning 2023 viser at om lag 10 200 internasjonale studentar reiste til Noreg i 2022, over 1 400 fleire enn i 2019. I 2022 var om lag 16 pst. av utvekslingsstudentane frå land utanfor EØS og Sveits. Rundt 7 600 norske studentar drog på utveksling til utlandet i 2022, mot om lag 8 500 før pandemien. I 2022 var det nær 14 000 internasjonale gradsstudentar i Noreg som ikkje var på utveksling. Dette er ein auke på 6 pst. sidan året før. Om lag 65 pst. av dei internasjonale gradsstudentane var i 2022 frå land utanfor EØS og Sveits, basert på kriteria i tilstandsrapporten. Dei siste ti åra har talet på internasjonale studentar som kjem til Noreg, stige med 18 pst.

Vitskapleg publisering

Stadig fleire vitskaplege publikasjonar av forskarar ved universitet og høgskular i Noreg blir publiserte i samarbeid med internasjonale forfattarar. Prosentdelen internasjonale sampublikasjonar var 59,5 pst. i 2022, og utviklinga held fram med jamn auke frå 51 pst. i 2016.

Rammeprogramma Horisont Europa og Erasmus+

Norske universitet og høgskular hadde rekordhøg deltaking i dei første åra av rammeprogrammet Horisont Europa. Dei siste tala viser at dei norske institusjonane har henta heim 122,5 mill. euro frå programmet sidan oppstart, og 19,5 pst. av søknadene blir innvilga (suksessrate). Institusjonane deltok på 3,9 pst. av alle søknadene på utlysingane så langt i rammeprogrammet, og på 4,7 pst. av prosjekta som blei innstilte til finansiering. Dei norske institusjonane var innstilte til å ta imot 1,1 pst. av den samla finansieringa i desse utlysingane. I norsk samanheng står universitet og høgskular som sektor for 25 pst. av den norske returdelen som blir henta heim frå EU.

Norske aktørar deltek også aktivt i dei sentraliserte tiltaka under Erasmus+. UH-sektoren står for hovudvekta av den norske deltakinga. Noreg deltek mellom anna sterkt i det nye tiltaket «Europeiske lærarakademi» med åtte norske lærestadar. Akademia skal bygge nettverk mellom tilbydarar av lærarutdanning i Europa og bidra til å heve kvaliteten på lærarutdanningane og lærarprofesjonen. Satsinga «Europeiske universitet» har fått stor betydning for norsk UH-sektor. Med deltaking i ti universitetsalliansar per 2023 har Noreg allereie nådd måltala i Erasmus+-strategien.

Bygg som er tilpassa undervisning og forsking

Dei norske studentane lèt til å vere nøgde med studentfasilitetane. I Studentenes helse- og trivselsundersøkelse (SHoT) frå 2022 svarte 48 pst. av studentane at dei var nøgde med det fysiske læringsmiljøet. Dei norske studentane lét òg til å vere meir nøgde med studentfasilitetane samanlikna med andre land i Eurostudent VII-undersøkinga, og 35 pst. av dei norske studentane er heilt nøgde med tilgangen til fasilitetar som bibliotek, lesesal og datamaskinar. Dei er også meir nøgde med støttetenester enn gjennomsnittet i undersøkinga, men berre 12 pst. av dei norske studentane meiner at desse tenestene er fullstendig tilstrekkelege.

I 2022 blei samlokaliseringsprosjektet Campus Ås ved NMBU avslutta, og det nye veterinærbygget er no teke i bruk av alle brukarar.

Vikingtidsmuseet

Det blei gitt startløyving til rehabilitering og utbygging av Vikingtidsmuseet i 2020. I starten av 2022 varsla Statsbygg at dei eksisterande planane for prosjektet ikkje kunne bli realiserte innanfor kostnadsramma, og det har vore nødvendig å gjere endringar i gjennomføringa av prosjektet, jf. omtale i Prop. 115 S (2021–2022). Frå sommaren 2022 har regjeringa arbeidd med eit nedskalert alternativ. Dette inneber at nokre av funksjonane som ikkje påverkar tryggleiken til samlinga, er tekne ut av prosjektet. Trass i eit redusert omfang blei kostnadsramma auka til 3,8 mrd. kroner (prisnivå per september 2022), jf. Innst. 117 S (2022–2023) og Prop. 21 S (2022–2023). Statsbygg har utført arbeid med mellombels sikring av skip og sledar, grunnarbeid er i gang, og det er inngått gjennomføringsavtale for nybygget.

Livsvitskapsbygget

Prosjektet Livsvitskapsbygget fekk startløyving i 2018, men blei endra hausten 2020 og våren 2021, då det blei vedteke at bygget også skulle omfatte lokale for Klinikk for laboratoriemedisin ved Oslo universitetssjukehus. For å legge til rette for samlokaliseringa og som følge av kostnadsaukar i prosjektet vedtok Stortinget å auke kostnadsramma til 12 mrd. kroner i 2022 (prisnivå per 1. juli 2022), jf. Prop. 1 S (2021–2022). I 2022 var det press i arbeidsmarknaden og kraftig prisvekst mellom anna som følge av krigen i Ukraina. Regjeringa slutta seg til å gjennomføre prosjektet fram til bygget er tett og anlegget utandørs er ferdig, men ville ikkje inngå avtalar for innreiing før kostnadene kjem ned til eit akseptabelt nivå, jf. Prop. 115 S (2021–2022). Prosjektet har i 2022 jobba med å ta ned kostnadene for innreiing.

Blått bygg

I statsbudsjettet for 2022 blei det gitt startløyving til Blått bygg i Bodø for Nord universitet. Hovudbygget i prosjektet vil stå ferdig i 2024 og gi betre rammevilkår for havbruksmiljøet ved universitet. Deretter vil lokala til det helsefaglege miljøet bli rehabiliterte.

Campussamlingsprosjektet ved NTNU

I 2022 vedtok regjeringa å endre føresetnadene for campussamlingsprosjektet ved NTNU, som då var i forprosjektfase. Nokre delprosjekt som tidlegare var med i prosjektet, blei tekne ut, arealramma redusert og forventa investeringsramme om lag halvert.

Forsking og utdanning for velferd, verdiskaping og omstilling

Innovasjon, verdiskaping og samspel med omverda

I Studiebarometeret 2022 svarer om lag halvparten av studentane at dei i nokon eller stor grad får god informasjon om arbeidslivsrelevansen for utdanninga. Om lag fire av ti svarer det same på spørsmål om representantar frå arbeidslivet bidreg i undervisninga, og om lag ein av tre svarer det same på spørsmål om det er mogleg å jobbe med prosjekt i samarbeid med arbeidslivet. Samla er resultata for spørsmåla om tilknytinga til arbeidslivet noko lågare enn i tidlegare år. I Eurostudent VII-undersøkinga svarte over halvparten at dei var godt eller svært godt førebudde på den nasjonale arbeidsmarknaden, og det er rundt gjennomsnittet blant landa i undersøkinga.

Open tilgang til forsking er høgt prioritert. Etter fleire år med kraftig vekst i prosentdelen artiklar som er ope tilgjengelege, ser det no ut til at denne delen er i ferd med å flate ut på rundt 80 pst.

Universiteta og høgskulane leverte 156 patentsøknader i 2022, som er 20 færre søknader enn året før, medan inngåtte kontraktar for utlisensiering av oppfinningar har auka med 22.

Bidrags- og oppdragsinntektene som universiteta og høgskulane får inn utanom Forskingsrådet og EU, steig i 2022. Som del av dei totale driftsinntektene utgjorde inntekter frå bidrag og oppdrag 9 pst. i 2022, mot 7 pst. i 2021. Frå 2021 til 2022 auka inntektene per faglege årsverk med 20 pst., frå 164 500 til 197 500 kroner i gjennomsnitt.

Universitetsmusea

Fem universitet har eit særskilt ansvar for å ta hand om vitskaplege samlingar og drive museum med publikumsutstillingar. Universitetsmusea hadde til saman 1,3 mill. besøkande i 2022, ein auke på over 8 pst. frå 2021. Skuleklassar og barnefamiliar er viktige målgrupper for formidlinga.

Forsking er grunnlag for utstillingar og formidlinga ved universitetsmusea. Den vitskaplege publiseringa ved universitetsmusea har, som ved universiteta og høgskulane elles, gått ned frå 2021 til 2022, og ligg i gjennomsnitt på 1,3 publiseringspoeng per fagleg tilsett. Dette er noko høgare enn gjennomsnittet ved universiteta og høgskulane, som låg på 1,17 i 2022.

Universiteta har ansvar for å sikre og bevare samlingane for ettertida. Sikringa av magasinareala for dei verdifulle vitskaplege samlingane er stort sett som tidlegare. Rapporteringa frå 2022 tyder på at den største utfordringa for dei fleste musea framleis er risikoen for vasskadar.

Lærarutdanningane og helse- og sosialfagutdanningane

I 2022 blei det uteksaminert om lag 6 850 kandidatar frå lærarutdanningane retta mot barnehage eller skule. Dette er ein auke på 24,1 pst. frå 2021, då det var ein forventa nedgang som følge av at det ikkje blei utdanna eit ordinært kull frå grunnskulelærarutdanninga det året. Samanlikna med gjennomsnittet for dei tre åra 2018, 2019 og 2020 er det i 2022 ein nedgang i talet på kandidatar frå lærarutdanningane på om lag 10 pst. Nedgangen har vore størst i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Dette kjem i hovudsak av ein nedgang i opptaket etter at det blei innført nye opptakskrav i 2019. Det er også ein nedgang i uteksaminerte kandidatar frå grunnskulelærarutdanningane, men delen som har fullført på normert tid, er på eit høgare nivå for kulla som starta i 2016 og 2017, enn for tidlegare kull. I 2022 blei det tildelt 10 mill. kroner til nasjonale rekrutteringstiltak i grunnskulelærarutdanningane. Sjå omtale under kap. 226, post 22.

Frå helse- og sosialfaglege utdanningar blei det i 2022 uteksaminert 9 047 kandidatar på utdanningane som har kandidatmåltal. Det er ein auke frå 8 478 i 2021. Samstundes blei det utdanna 4 437 sjukepleiarar, som er om lag 200 fleire enn i 2021.

Effektiv, mangfaldig og solid høgare utdanningssektor og forskingssystem

I perioden 2013–22 har det blitt 45 500 fleire studentar i høgare utdanning (19,6 pst.), og samstundes har det blitt 10 100 fleire tilsette (30,6 pst.). Forholdstalet mellom faglege stillingar og administrative stillingar har auka frå 2,46 til 2,6. Det har dermed over tid vore ein større vekst i tilsette enn studentar ved dei høgare utdanningsinstitusjonane, og delen faglege årsverk har auka samanlikna med administrative årsverk.

Tabell 4.26 Indikatorar for aktiviteten ved universitet og høgskular, 2019–22

60-studiepoengeiningar

Studentar

Publiseringspoeng

Totale årsverk

Faglege årsverk

2019

189 900

261 400

27 600

39 500

24 900

2020

201 100

273 200

29 300

40 400

25 300

2021

206 700

284 100

31 600

42 100

26 400

2022

202 200

278 200

29 500

43 100

27 100

Tala er avrunda til næraste hundre og gjeld institusjonar med tildeling frå Kunnskapsdepartementet. Talet for studentar er eigenfinansierte studentar i haustsemesteret. Faglege årsverk inkluderer fagleg-administrative leiarstillingar.

Kjelde: Database for statistikk om høgare utdanning

Effektiv drift og forvaltning av universitet og høgskolar

Universitet og statlege høgskular hadde 53,3 mrd. kroner i driftsinntekter i 2022. Løyvinga over kap. 260, post 50 utgjorde 74,3 pst. av dette, med 39,6 mrd. kroner.

Avsetningar ved statlege universitet og høgskular

Universiteta og dei statlege høgskulane hadde samla avsetningar av løyvingar frå Kunnskapsdepartementet på 3,7 mrd. kroner ved utgangen av 2022. Av desse var 2,3 mrd. kroner avsetningar til investeringar (5,8 pst. av løyvinga frå Kunnskapsdepartementet) og 1,4 mrd. kroner avsetningar til andre formål (3,4 pst. av løyvinga frå Kunnskapsdepartementet). I tråd med regelverket for avsetningar er det ei øvre grense på 5 pst. av løyvinga frå Kunnskapsdepartementet for avsetningar til andre formål. Det er ikkje ei slik grense for avsetningar til investeringar, men institusjonane må dokumentere planlagde investeringar overfor departementet. Det var éin institusjon som hadde avsetningar til andre formål over grensa på 5 pst., sjå tabell 4.15 i vedlegg 4.

Frå 2021 til 2022 har dei samla avsetningane frå løyvingar frå Kunnskapsdepartementet blitt redusert med 698 mill. kroner. Det utgjorde 9,2 pst. for institusjonane sett under eitt, men variasjonen mellom institusjonane er frå –3,1 til 35,6 pst., sjå tabell 4.15 i vedlegg 4.

Private høgskular

Private høgskular fekk tilskot på 2,1 mrd. kroner over kap. 260, post 70 i 2022. Dei hadde driftsinntekter på i overkant av 4,9 mrd. kroner, ein auke på 6,3 pst. frå 2021. Det samla driftsresultatet for desse institusjonane var 63,3 mill. kroner i 2022, og det er ein nedgang på 78,5 pst. i høve til 2021. På bakgrunn av rekneskapane frå 2022 har fleirtalet av dei private institusjonane god eller middels god økonomi. Fire av 15 private institusjonar har etter departementets vurdering svak økonomi, og departementet vil følge med på utviklinga hos desse institusjonane.

Studiepoeng per fagleg tilsett

Etter ein jamn reduksjon sidan 2014 gjekk talet på avlagde studiepoeng per fagleg tilsett opp i 2020. Deretter har talet gått noko ned igjen. I 2022 blei det avlagt om lag 455 studiepoeng per fagleg tilsett. Til samanlikning blei det avlagt meir enn 500 studiepoeng per fagleg tilsett i 2013.

Rekruttering, kompetanse og karriere for tilsette ved universitet og høgskolar

75,8 pst. av årsverka i undervisnings- og forskarstillingar i 2022 var i stillingar som krev doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Dette er ein marginal auke frå 75,5 pst. i 2021. Totalt var det om lag 43 100 årsverk i sektoren, og av desse var om lag 27 100 faglege årsverk og 10 400 administrative årsverk. Forholdstalet mellom faglege og administrative tilsette var 2,6 for sektoren sett under eitt i 2022, i 2013 var forholdstalet 2,46.

Frå 2021 til 2022 er delen mellombels tilsette i undervisnings- og forskarstillingar redusert frå 12,9 pst. til 11,8 pst. Dette er den lågaste delen mellombels tilsette dei siste sju åra. Åremålsstillingar inngår ikkje i utrekninga. I andre stillingstypar er fleire fast tilsette, og prosentdelen mellombels tilsette var 11,1 pst. i 2022 når ein også inkluderer administrative stillingar og støttestillingar.

Budsjettforslag for 2024

Regjeringa foreslår å løyve til saman 45,4 mrd. kroner til universiteta og høgskulane over kap. 260, fordelt med 43,1 mrd. kroner til universitet og statlege høgskular over post 50 og 2,3 mrd. kroner til private høgskular over post 70. Det ligg til grunn ei prisjustering på 4,4 pst., tilsvarande som for andre 50- og 70-postar. Den ekstraordinære priskompensasjonen frå revidert budsjett for 2023 er ført vidare. Samla sett er løyvingsforslaget til universiteta og høgskulane nominelt 1,6 mrd. kroner høgare enn revidert budsjett for 2023. Det er ein realnedgang på 0,7 pst. frå 2023 og ein realvekst på 1,6 pst. frå 2019. Forslaget omfattar ein reduksjon på 490,5 mill. kroner i heilårseffekt av innføring av studieavgift for studentar utanfrå EØS og Sveits og utfasing av mellombelse midlar løyvde i samband med Utdanningsløftet 2020.

Forslaget omfattar òg ein reduksjon på 437,2 mill. kroner for å frigjere midlar til nye satsingar og omprioriteringar innanfor høgare utdanning og forsking, fordelt med 412,2 mill. kroner på kap. 260, post 50 og 24,9 mill. kroner på kap. 260, post 70. Reduksjonen er som utgangspunkt fordelt pro rata på alle institusjonane med løyving over kap. 260, men justert noko: Institusjonar med høge søkartal per studieplass, dei med stor del studentar i helse-, lærar- og MNT-fag og dei med stor del EU-inntekter, får ein reduksjon som er noko mindre.

Meir tillit og ansvar til institusjonane gjennom vektlegging av rammeløyvinga

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har forvalta ein stor portefølje av søknadsbaserte ordningar, tilskot og utviklingsmidlar retta mot mellom anna fagskular, høgskular og universitet. Måla for ordningane har vore å medverke til internasjonaliseringsarbeidet og kvalitetsutviklingsarbeidet i sektoren og å styrke tilgangen til desentralisert og fleksibel utdanning for å dekke kompetansebehova. Over tid har summen av program og tilskotsordningar blitt stor. Porteføljen av utlyste programmidlar og tilskot over Kunnskapsdepartementets budsjett retta mot høgare utdanning og fagskuleutdanning har gått frå anslagsvis om lag 160 mill. kroner i 2014 i tidlegare Vox og Senter for internasjonalisering i utdanning, til anslagsvis om lag 790 mill. kroner i HK-dir i 2023.

På alle desse områda har det vore nødvendig å trappe opp innsatsen, og dei finansierte prosjekta har gitt verdfulle erfaringar. Konkurransebaserte ordningar inneber samstundes ressurskrevjande arbeid med søknadsskriving- og handsaming. I tillegg kan einskilde, tidsavgrensa prosjekt bli dominerande, utan at nyttige erfaringar blir tilstrekkeleg implementerte i den ordinære verksemda ved institusjonane. Når det gjeld studiekvalitet, har Riksrevisjonen til dømes peika på at spreiingseffekten av prosjekta som er finansierte med tilskot frå HK-dir, er noko usikker, samstundes som det er sett av for lite ressursar til kvalitetsarbeid ved universiteta og høgskulane.

Regjeringa meiner desentralisert og fleksibel utdanning, høg studiekvalitet og internasjonalisering er svært viktige område som framleis må ha høg prioritet. I tråd med tillitsreforma legg regjeringa derfor om finansieringa på desse områda for at universiteta og høgskulane sjølve skal få hand om ressursane til å vareta ansvaret sitt for å nå desse måla. I Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge har regjeringa lagt fram ein politikk for å styrke ansvaret og handlingsrommet som institusjonane har for å disponere rammeløyvinga slik at dei kan nå måla sine. Regjeringa følger opp dette med å redusere omfanget av omfattande søknadsbaserte ordningar, og slik også bidra til å gjere midlane meir føreseielege for å vareta det langsiktige arbeidet med høg kvalitet i institusjonane. Endringane inneber ei avbyråkratisering i høgare utdanning ved å overføre ansvar til institusjonane. Endringane er òg i tråd med tilrådingane frå Hatlen-utvalet, som i 2022 foreslo endringar i finansieringssystemet for universitet og høgskular.

Av den samla auken i løyvinga på kap. 260 kjem 338,8 mill. kroner frå reduksjonar på kap. 272 og kap. 275 i samband med at dei søknadsbaserte ordningane blir avvikla.

Nokre av ordningane har vore retta mot einskilde avgrensa fagområde og har dermed berre vore aktuelle for nokre institusjonar. Desse midlane vil bli fordelte til dei relevante institusjonane mellom anna på bakgrunn av dei tidlegare tildelingane frå programma og omfanget av utdanning i dei aktuelle faga. 76,8 mill. kroner vil bli fordelte til lærarutdanning, 17 mill. kroner til maritim utdanning og 14 mill. kroner til kunstutdanning og kunstnarleg utviklingsarbeid.

20 mill. kroner vil bli fordelte til institusjonane som har hatt det største gjennomslaget i dei generelle kvalitetsprogramma i HK-dir i perioden 2016–22. Dette inkluderer mellom anna ordninga med senter for framifrå utdanning. Desse ordningane har finansiert fleirårige prosjekt, og har dermed framleis eit løyvingsbehov over kap. 272. Departementet tek sikte på å flytte ytterlegare midlar til kap. 260 i 2025 når pågåande prosjekt blir avslutta. Beløpet vil vere om lag 100 mill. kroner.

HK-dir vil framleis ha ei sentral rolle i å følge opp arbeidet i sektoren med internasjonalisering, utdanningskvalitet og fleksibel og tilgjengeleg utdanning. Direktoratet skal særleg styrke seg i arbeidet med å forvalte og dele kunnskap frå arbeidet ved institusjonane gjennom analysar, data, statistikk og anna kunnskapsgrunnlag. Direktoratet vil òg bidra til å samle, dokumentere og dele erfaringar, data og kunnskapsgrunnlag mellom ulike universitet og høgskular og andre verksemder og interessentar i og utanfor sektoren. Sjå nærare omtale under kap. 256, post 01.

Utdanning og forsking i heile landet

Regjeringa foreslår å tildele 200 mill. kroner for å gjere utdanning tilgjengeleg for fleire gjennom å styrke det desentraliserte og fleksible tilbodet.

Midlane blir fordelte til institusjonane dels ut frå i kva grad dei faste campusane er tilgjengelege i regionar med dårlegare tilgang til høgare utdanning. Dei faste studiestadane med eit langsiktig nærvær av utdanningar og forskingsmiljø utgjer grunnstammen i det regionale utdanningstilbodet, og regjeringa legg vekt på at fordelinga skal gi fleircampusinstitusjonane rammevilkår som gjer det mogleg å utvikle eksisterande studiestadar vidare. Midlane blir også fordelte ut frå omfanget av fleksibel og desentralisert undervisning utanfor dei faste campusane, mellom anna basert på gjennomslaget i ordninga i HK-dir for fleksibel og desentralisert utdanning.

Departementet foreslår å auke rammeløyvinga til Universitetet i Søraust-Noreg med 8 mill. kroner for å etablere ein campus på Gol.

Departementet foreslår å auke rammeløyvinga til Høgskolen i Innlandet med 3 mill. kroner for å styrke forskingsaktiviteten på Kongsvinger.

I samband med revidert nasjonalbudsjett 2023 vedtok Stortinget midlar til kompetanseutvikling og studietilbod i Aust-Finnmark. Regjeringa foreslår 2,1 mill. kroner til Samisk høgskole til studietilbod innanfor samisk begynnaropplæring og vidareutdanningstilbod. Regjeringa foreslår også 5,7 mill. kroner til Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet til studietilbod innanfor mellom anna reiseliv og entreprenørskap, tryggleik og beredskap.

Kapasitet i høgare utdanning og forsking

I statsbudsjettet for 2023 starta utfasinga av midlar til dei mellombelse studieplassane frå Utdanningsløftet 2020. Midlane blir trekte ut etter kvart som studentane som er tekne opp i 2020, 2021 og 2022, fullfører utdanninga. I 2024 inneber det ein reduksjon over kap. 260 på 208,1 mill. kroner, fordelt med 179,5 mill. kroner over post 50 og 28,6 mill. kroner over post 70. Vidare blir løyvinga redusert med til saman 127 mill. kroner for dei 250 mellombelse rekrutteringsstillingane. Av dette er 111,3 mill. kroner over post 50 og 15,7 mill. kroner over post 70.

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til universitet og høgskular med til saman 101,5 mill. kroner for å vidareføre og trappe opp ordinære tildelingar til studieplassar i budsjetta for 2019–23. Av dette er 90,8 mill. kroner over post 50 og 10,7 mill. kroner over post 70.

Regjeringa foreslår å løyve 18,3 mill. kroner til 255 nye studieplassar i 2024. Regjeringa ser behov for at fleire legar blir utdanna i Noreg, og forslaget omfattar derfor midlar til 60 nye studieplassar i medisin ved Universitetet i Oslo (UiO), Universitetet i Bergen (UiB) og ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU). Desse studieplassane skal styrke desentrale studiemodellar i høvesvis Agder, Stavanger og Innlandet. Dei nye studieplassane kjem i tillegg til at det i 2022 og 2023 blei tildelt midlar for til saman 45 nye studieplassar i medisin, og at dei 80 mellombelse plassane frå 2020 blir førte vidare.

Forslaget omfattar òg 100 studieplassar i IKT-utdanningar fordelt med 30 plassar til NTNU, 20 til UiO og 10 kvar til UiB, Høgskolen i Østfold, Høgskulen på Vestlandet, OsloMet – storbyuniversitetet og Universitetet i Agder. Forslaget omfattar vidare midlar til 25 studieplassar til etablering av flyingeniørutdanning ved NTNU. I tillegg kjem 5 mill. kroner til etableringskostnader, jf. midlane som ble løyvde i samband med revidert budsjett for 2023. Forslaget omfattar òg midlar til 20 studieplassar til etablering av fysioterapiutdanning i Elverum ved Høgskolen i Innlandet. I tillegg kjem 6,3 mill. kroner i eingongsløyving for investerings- og utviklingskostnader. Det blir òg tildelt midlar til 10 studieplassar i bachelorutdanning i folkedans på Rauland ved Universitetet i Søraust-Noreg, 20 studieplassar i bachelorutdanning i skogfag i Steinkjer ved Nord universitet og 20 studieplassar i vernepleie på Kongsvinger ved Høgskolen i Innlandet.

Regjeringa foreslår å tildele Noregs idrettshøgskole 2,1 mill. kroner i samband med at dei første studentane startar fjerde studieår i den nye, femårige lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag (LUPE) hausten 2024. Frå 2025 til 2029 vil regjeringa foreslå å trappe opp løyvinga etter kvart som studentane tek til det fjerde og femte studieåret i LUPE ved alle dei seks institusjonane som tilbyr denne utdanninga. Sjå òg omtale under programkategori 07.80 om mogleg gjeldslette.

Regjeringa foreslår å løyve 9 mill. kroner til samisk forsking og utdanning. Løyvinga omfattar støtte til eit senter for samisk leksikografi ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet (UiT) med 1,5 mill. kroner og ei styrking av fagmiljøa i sørsamisk og lulesamisk ved Nord universitet med 3 mill. kroner. Vidare omfattar ho høvesvis 1,5 mill. kroner til UiT og 3 mill. kroner til Samisk høgskole for å legge til rette for nasjonale, fleksible språk- og lærarutdanningar i nordsamisk. Sjå òg omtale under programkategori 07.80 om mogleg gjeldslette.

I samband med revidert nasjonalbudsjett blei det flytta 0,1 mill. kroner frå statlege universitet og høgskular på kap. 260, post 50, til private høgskular på kap. 260, post 70 i omfordeling av studieplassane som er tildelte som følge av krigen i Ukraina. Regjeringa foreslår å flytte tilsvarande beløp i 2024.

Regjeringa legg til grunn at studieavgifta for studentar utanfrå EØS/Sveits, som blei innført i 2023, framleis vil gi redusert pågang av søkarar frå desse landa. Dette vil gjere fleire studieplassar tilgjengelege for norske søkarar og andre EØS-borgarar.

Resultatbasert utteljing

Forslaget omfattar resultatbasert utteljing på 151,1 mill. kroner som følge av betre resultat på indikatorane i finansieringssystemet. Av dette er 130,8 mill. kroner over post 50 og 20,3 mill. kroner over post 70. Sidan indikatorane med lukka ramme blir avvikla i 2025-budsjettet, er utteljinga for desse i 2024 berekna basert på eit treårig gjennomsnitt, slik at ikkje tilfeldige variasjonar i dei årlege resultata skal gi utslag i det varige løyvingsnivået for institusjonane framover.

Studieavgift for studentar utanfrå EØS og Sveits

I 2023 blei løyvinga til universiteta og høgskulane redusert med 74,5 mill. kroner som følge av innføring av studieavgift for studentar utanfrå EØS og Sveits. Det var lagt til grunn at dei internasjonale studentane i gjennomsnitt tek ei toårig utdanning. Reduksjonen i løyvinga vil derfor bli trappa opp over to år, ettersom det blir teke opp eit nytt kull som betaler full studieavgift. Det inneber ein ytterlegare reduksjon i rammeløyvinga på 155,4 mill. kroner i 2024, fordelt med 143,3 mill. kroner på kap. 260, post 50 og 12,1 mill. kroner på kap. 260, post 70. Frå og med 2025 vil reduksjonen samla vere på 310,8 mill. kroner.

Bygg for undervisning og forsking

Løyvingar til byggeprosjekt blir foreslått på Kommunal- og distriktsdepartementets budsjett. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Regjeringa foreslår ei startløyving på 178 mill. kroner for NTNU Campussamling i 2024. Prosjektet skal samle fagmiljøa som i dag held til på Dragvoll, sentralt på Gløshaugen. Dette vil skape nye tverrfaglege synergiar for utdanning og forsking. Prosjektet har ei arealramme på 91 000 m2, og det er eit mål at bygga skal takast i bruk seinast i 2030. Med utgangspunkt i den eksterne kvalitetssikringa (KS2) av prosjektet foreslår regjeringa ei samla kostnadsramme på 7,8 mrd. kroner, der 7,2 mrd. kroner er til bygg og 577 mill. kroner er til brukarutstyr (pris per 1. juli 2024). Delprosjekt P5 Hovedbygget kan berre gjennomførast om det er innanfor den samla kostnadsramma for campussamlinga. Kunnskapsdepartementet vil styre prosjektet innanfor ei styringsramme på 6,7 mrd. kroner (pris per 1. juli 2024). Styringsramma har auka frå 6,1 mrd. kroner, jf. Prop. 1 S (2022–2023), som følge av prisstiging, at det er gjort nokre justeringar i kostnadsgrunnlaget basert på tilrådingane i KS2-rapporten, og at styringsramma no inkluderer om lag 340 mill. kroner i utgifter til infrastruktur og anna som NTNU skal dekke innanfor uendra rammeløyving. Sjå òg forslag til vedtak XI.

Regjeringa foreslår å redusere løyvinga til NTNU på kap. 260, post 50 med 10 mill. kroner som dei har fått øyremerkt til prosjektering for campussamlinga i Trondheim. Når regjeringa foreslår startløyving for NTNU campussamling i 2024, er dette prosjekteringsarbeidet ferdig.

Våren 2023 blei avtalane for innreiing for prosjektet Livsvitskapsbygget inngått innanfor gjeldande kostnadsramme. For å vidareføre prosjektet foreslår regjeringa 2,8 mrd. kroner til bygging og utstyr i 2024. Prosjektet skal etter planen stå ferdig i siste halvdel av 2026. Vidare foreslår regjeringa 720 mill. kroner til bygging og utstyr til nytt vikingtidsmuseum og 123 mill. kroner til byggeprosjektet for Blått bygg ved Nord universitet. Regjeringa foreslår òg å auke løyvinga over kap. 260, post 50 til brukarutstyrsprosjektet for Blått bygg med 43 mill. kroner. I budsjettet for 2022 vedtok Stortinget at Nord universitet skal få ein husleigekompensasjon på 75 pst. for Blått bygg. I samband med at nybygget i dette prosjektet står ferdig i midten av 2024, foreslår Kunnskapsdepartementet å auke løyvinga på kap. 260, post 50 med 11,9 mill. kroner til Nord universitet i 2024.

Kunnskapsdepartementet foreslår ein husleigekompensasjon på 50 pst. for universitetsareala i Radiumhospitalet og å auke løyvinga på kap. 260, post 50 med 3,3 mill. kroner til Universitetet i Oslo i 2024. Anslått årleg husleigekompensasjon frå og med 2025 er 4,9 mill. kroner.

For ei nærare forklaring av løyving per kapittel og post for byggeprosjekta, sjå Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Andre saker

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 260, post 50 med 4 mill. kroner for å styrke Termportalen ved Universitetet i Bergen, som skal bidra til å samle og gjere tilgjengeleg fagterminologi på bokmål, nynorsk og engelsk. Tiltaket er ein del av handlingsplanen for norsk fagspråk.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga på kap. 260, post 50 med 9 mill. kroner til arbeidet med Norwegian Internet Exchange (NIX) ved Universitetet i Oslo. NIX driftar samtrafikkpunkt som dei fleste norske nettleverandørar er tilkopla, og som mykje av internettrafikken går gjennom.

Regjeringa foreslår å flytte 7 000 kroner frå kap. 260, post 50 til Finansdepartementets budsjett, som følge av at Samisk høgskole har inngått avtale med Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ) om levering av lønns- og personaltenester.

Steinerhøyskolen blei tildelt 1 mill. kroner i 2023 til det femte året av grunnskulelærarutdanninga, tilsvarande halvårseffekt av 20 studieplassar. Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Steinerhøyskolen over kap. 260, post 70 med ytterlegare 1 mill. kroner i 2024.

Departementet foreslår å redusere løyvinga til Noregs musikkhøgskole over kap. 260, post 50 med 32 000 kroner som oppfølging av regjeringa sitt arbeid med meir effektive kontorleigeavtalar for statlege verksemder.

Departementet foreslår at OsloMet – storbyuniversitetet og Universitetet i Bergen (UiB) får fullmakt til å organisere avisa Khrono som ei foreining. Verksemda er i dag organisert ved OsloMet og UiB, og fullmakta inneber at verksemda blir overført til foreininga frå og med 1. januar 2024. Det inkluderer tilsette på inntil 17 årsverk, materiell og nettstaden www.khrono.no. Departementet legg til grunn at dette har avgrensa økonomisk verdi. Medlemskontingentar skal dekke dei løpande forpliktingane i foreininga. Departementet legg til grunn at organisering av Khrono som foreining skal skje innanfor uendra rammeløyving for universiteta og høgskulane. Sjå forslag til vedtak IX.

Kap. 270 Studentvelferd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

74

Tilskot til velferdsarbeid o.a.

106 588

81 846

87 305

75

Tilskot til bygging av studentbustadar, kan overførast

419 196

871 368

633 604

Sum kap. 270

525 784

953 214

720 909

Post 74 Tilskot til velferdsarbeid o.a.

Posten omfattar tilskot til det generelle velferdsarbeidet til studentsamskipnadene og tilskot til landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar.

Mål for 2024

God studentvelferd og studentorganisasjonar som er dyktige til å fremje studentane sine interesser. Velferdsarbeidet til studentsamskipnadene skal supplere det generelle velferdstilbodet elles i samfunnet og vere integrert i læringsmiljøet ved utdanningsinstitusjonane.

Resultat i 2022

Studentsamskipnadene spelar ei viktig rolle for å bidra til høg studiekvalitet gjennom tilbod og tenester som kan betre studiekvardagen. I 2022 hadde dei 14 studentsamskipnadene til saman om lag 275 000 medlemmer, og dei fekk eit samla tilskot på 87,5 mill. kroner til det generelle velferdsarbeidet. Å kunne tilby rimelege studentbustadar er det mest omfattande tenestetilbodet, men tilskotet har òg gått til velferdstilbod som kantine, trening, helsetenester, barnehage, rådgiving og sosiale, faglege og kulturelle tiltak. I 2022 fekk samskipnadene ei ekstra løyving på 60 mill. kroner over kap. 275, post 70 til førebyggande tiltak retta mot den psykiske helsa til studentane som følge av covid-19-pandemien. For å vareta studentane både fagleg og sosialt har studentsamskipnadene gjennomført ei rekke tiltak, ofte i samarbeid med utdanningsinstitusjonane og studentorganisasjonane. Dei har organisert sosiale samkomer og tilbode psykisk helsehjelp og samtalar til studentane som har trunge nokon å snakke med.

Landsomfattande interesseorganisasjonar for studentar fekk eit tilskot på til saman 19,1 mill. kroner. Dette var Association of Norwegian Students Abroad, Norsk studentorganisasjon, Organisasjon for norske fagskolestudenter, Stipendiatorganisasjonene i Norge og International Students Union of Norway (ISU). Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har ikkje fått rapportering frå ISU og har kravd at dei betaler tilbake tilskotet. Tilskotet til dei andre har medverka til drift av organisasjonane og til å fremje interessene til studentane mellom anna gjennom deltaking i faste styre og råd, offentleg utvals- og utgreiingsarbeid, høyringsfråsegner og offentlege debattar på vegner av studentane.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 87,3 mill. kroner på posten. Av dette er 69,4 mill. kroner tilskot til velferdsarbeidet til studentsamskipnadene, og 17,9 mill. kroner er tilskot til landsomfattande studentorganisasjonar.

Tilskota til dei landsomfattande studentorganisasjonane blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse på vegner av Kunnskapsdepartementet. Departementet foreslår følgande øyremerkte tilskot:

  • Association of Norwegian Students Abroad: 10,8 mill. kroner

  • Norsk studentorganisasjon: 4,1 mill. kroner

  • Organisasjon for norske fagskolestudenter: 2,7 mill. kroner

  • Stipendiatorganisasjonene i Norge: 0,4 mill. kroner

Forslaget omfattar å redusere løyvinga til Lånekassen over kap. 2410, post 01 mot ein tilsvarande auke over kap. 270, post 74. Forslaget inkluderer derfor 75 000 kroner meir i tilskot til Association of Norwegian Students Abroad, til Norsk studentorganisasjon og til Organisasjon for norske fagskolestudenter som følge av at dei ikkje lenger sit i styret til Lånekassen med tilhøyrande honorar.

Post 75 Tilskot til bygging av studentbustadar, kan overførast

Posten omfattar midlar til studentsamskipnadene, og i særskilde tilfelle studentbustadstiftingar, til kjøp, ombygging, oppføring og rehabilitering av studentbustadar. Studentbustadane skal vere eit supplement til den private bustadmarknaden. Husbanken forvaltar tilskota for Kunnskapsdepartementet.

Mål for 2024

Rimelege og tilgjengelege bustadar for studentar.

Resultat i 2022

I 2022 gav Kunnskapsdepartementet tilsegn om tilskot til 1 130 hybeleiningar. Alle tilsegnene var til bygging av nye studentbustadar i regi av studentsamskipnadene.

Dei siste ti åra har det vore ein jamn auke i talet på nye studentbustadar. Det er i gjennomsnitt bygd i overkant av 1 400 nye studenthyblar årleg frå 2012, og samla sett 14 247 nye hyblar i perioden 2012–22. Eit fleirtal på om lag 60 pst. av bustadane som samskipnadene har bygd dei siste fire åra, er hyblar for éin person med eige bad og kjøkken. Om lag 20 pst. var hyblar der fleire deler bad og kjøkken, og 20 pst. var hyblar for par og familiebustadar.

I 2022 blei det ferdigstilt 1 292 nye hybeleiningar, og 979 hybeleiningar blei oppgraderte. Kvart år må studentsamskipnadene gi tilbakemelding om tilsegner dei ikkje klarer å nytte. Hausten 2022 leverte studentsamskipnadene tilbake 306 tilsegner om tilskot som dei fekk i åra 2020 og 2021.

I 2022 var det til saman 44 500 hybeleiningar. For heile landet var dekningsgraden på studentbustadar 16 pst. i 2022, ifølge tal frå Database for statistikk om høgare utdanning. Dekningsgraden varierer mellom studiestadane. Til dømes er dekningsgraden i Oslo og Akershus på 14 pst., medan han på Ås er 37 pst. Det er ikkje eit mål å ha like stor dekningsgrad alle stadar, sidan behovet vil variere avhengig av tilbodet på den private leigemarknaden. Bygging av studentbustadar skal gi rimelege bustadar for studentar. Gjennomsnittleg husleige for ei hybeleining i 2022 var 4 537 kroner.

Budsjettforslag for 2024

Eit viktig grep for å betre studentøkonomien og bidra til å dempe presset i den private leigemarknaden, er å bygge fleire rimelege studentbustadar. Regjeringa heva derfor kostnadsramma i 2023 og foreslår 1 650 nye tilsegner om tilskot til studentbustadar i 2024. Løyvinga på 633,6 mill. kroner skal dekke forventa utbetaling til både gamle og nye tilsegner. Midlane til eit prosjekt blir normalt betalte ut over tre år.

Tilskotssatsane og kostnadsramma blir justerte med forventa prisvekst. I 2024 vil tilskotssatsen vere 419 800 kroner per hybeleining i pressområda og 358 300 kroner utanfor pressområda. Kostnadsramma er 1 513 800 kroner i 2024.

Låneramma i Husbanken er 24 mrd. kroner i 2024. Regjeringa skal vurdere om ein skal gi føringar på kor mykje av den totale låneramma som skal gå til å bygge studentbustadar. Sjå omtale under kap. 2412 i Prop. 1 S (2023–2024) for Kommunal- og distriktsdepartementet.

Departementet foreslår ei tilsegnsfullmakt på 2 234 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak III nr. 1.

Kap. 271 Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

176 354

115 236

121 439

21

Særskilde driftsutgifter

9 964

4 106

4 352

Sum kap. 271

186 318

119 342

125 791
Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsutgifter for Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT), eit statleg forvaltningsorgan som er fagleg uavhengig på fleire område. NOKUT har ansvar for akkreditering og tilsyn med kvaliteten i høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning.

Mål for 2024

  • Norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning har god kvalitet

  • NOKUTs verkemiddel for ekstern kvalitetssikring er treffsikre og bidreg til utvikling

  • Samfunnet er godt informert om kvaliteten i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning

Resultat i 2022

NOKUT fekk i 2022 inn fleire søknader om akkreditering enn tidlegare, særleg frå fagskulane. Eit stort omfang av søknader om å akkreditere nye fagskuleutdanningar og meldingar om endringar i eksisterande utdanningar gjorde at NOKUT ikkje nådde sitt eige mål for saksbehandlingstida for fagskulane. Til saman sende fagskulane inn 121 søknader, og av desse var 63 ikkje ferdigbehandla i løpet av året. Alle søknader frå universitet og høgskular blei behandla innanfor NOKUTs eige mål om maksimalt 6 og 14 månaders saksbehandlingstid på høvesvis bachelor-/masternivå og ph.d.-nivå.

I 2021 blei det opna for at alle universitet og høgskular kan tilby profesjonsgradane i psykologi, rettsvitskap og teologi, jf. Innst. 425 S (2020–2021) og Meld. St. 19 (2020–2021) Styring av statlige universiteter og høyskoler. Det er ein føresetnad at institusjonar som vil tilby slike profesjonsstudium, må få akkreditert studietilbodet av NOKUT før Kunnskapsdepartementet kan gi institusjonen rett til å tildele graden. Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger og Handelshøyskolen BI fekk i 2022 rett til å tildele graden master i rettsvitskap.

I perioden 2017–24 gjennomfører NOKUT den tredje runden av tilsyn med det systematiske kvalitetsarbeidet ved universitet og høgskular. NOKUT fullførte tilsyn ved åtte høgskular og starta tolv nye tilsyn ved universitet og høgskular i 2022. NOKUT rapporterer at institusjonane bruker tida før dei periodiske tilsyna til å styrke kunnskapen om regelverket til arbeidet med kvalitetsutvikling. NOKUT arbeider òg med erfaringsdeling og rettleiing overfor institusjonane.

I 2022 fullførte NOKUT tilsyn ved seks fagskular som hadde fått pålegg om å rette feil og manglar i 2021. Erfaringa generelt er at fagskulane har behov for meir rettleiing, erfaringsdeling og oppfølging av regelverket for kvalitetsarbeidet enn universiteta og høgskulane.

NOKUT har i 2022 arbeidd aktivt for å forenkle og effektivisere saksbehandlinga for å korte ned saksbehandlingstida. NOKUT har særskilt prioritert godkjenning av og informasjon om utdanning frå Ukraina. NOKUT har til dømes innlemma Ukraina i ordninga med automatisk godkjenning av høgare utdanning. Ansvaret for godkjenning av utanlandsk utdanning blei flytta frå NOKUT til HK-dir frå og med 1. januar 2023. Bakgrunnen for flyttinga var å samle godkjenning av utanlandsk høgare utdanning, utanlandsk fagskuleutdanning og utanlandsk fag- og yrkesopplæring i eitt organ.

Departementet har delegert oppgåva med økonomiske tilsyn med dei private høgskulane til NOKUT. Basert på tidlegare funn har NOKUT gjennomført tilsyn ved fem høgskular. NOKUT har kontrollert økonomiforvaltninga og arbeidet med samfunnstryggleik ved dei statlege universiteta og høgskulane og andre verksemder under Kunnskapsdepartementet. På bakgrunn av kontrollane har departementet fått råd om oppfølging i etatsstyringa av verksemdene.

NOKUT gjennomførte i 2022 undersøkingar blant studentar ved både fagskular og universitet og høgskular, og blant undervisarar ved universitet og høgskular. Undersøkingane gir departementet, institusjonane, studentar og andre nyttig informasjon om kvaliteten i sektoren.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 121,4 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 95 000 kroner som oppfølging av arbeidet regjeringa gjer med meir effektive kontorleigeavtalar for statlege verksemder.

Departementet foreslår at løyvinga på post 01 kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3271, post 02. Sjå forslag til vedtak II nr. 1.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten omfattar utgifter til oppgåver der NOKUT får midlar frå eksterne kjelder. Utgifter utover løyvinga på kap. 271, post 21 føreset meirinntekt på kap. 3271, post 01.

Resultat i 2022

Det blei i 2022 ført ei meirutgift på 10 mill. kroner på posten, som blir dekt av meirinntekta på kap. 3271, post 01, jf. meirinntektsfullmakta.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 4,4 mill. kroner på posten, som kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt på kap. 3271, post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 2.

Kap. 3271 Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Inntekter frå oppdrag

9 964

4 120

4 301

02

Salsinntekter o.a.

199

665

694

Sum kap. 3271

10 163

4 785

4 995

Løyvingane gjeld inntekter NOKUT får frå prosjektverksemd, kurs og konferansar.

Kap. 272 Tiltak for internasjonalisering og høgare utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

51

Tiltak for internasjonalisering, kan overførast, kan nyttast under post 71

151 167

96 547

71 025

52

Tiltak for høgare utdanning, kan overførast, kan nyttast under post 72

404 327

263 228

147 276

71

Tilskot til tiltak for internasjonalisering, kan overførast, kan nyttast under post 51

79 186

125 868

100 111

72

Tilskot til tiltak for høgare utdanning, kan overførast, kan nyttast under post 52

100 096

120 132

52 105

Sum kap. 272

734 776

605 775

370 517

Post 51 Tiltak for internasjonalisering, kan overførast, kan nyttast under post 71

Posten blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Løyvinga kan nyttast under kap. 272, post 51 når midlane går til statlege aktørar, og under kap. 272, post 71 Tiltak for internasjonalisering for tilskot til ikkje-statlege aktørar.

Mål for 2024

  • Deltakinga til norske opplæringsaktørar i internasjonalt samarbeid bidreg til å oppfylle kvalitetsmål i grunnopplæringa

  • Norske elevar og studentar tek del i eit internasjonalt læringsmiljø

Resultat i 2022

Delar av løyvinga har i 2022 vore nytta til samarbeidsprogramma NORPART og UTFORSK, som er eit sentralt verkemiddel i styrkinga av utdanningssamarbeid med dei prioriterte landa i Panorama-strategien (2021–2027). Løyvinga til dei to programma bidrog til at Noreg deltok aktivt i internasjonalt samarbeid innanfor utdanning og forsking, til gode koplingar mellom forsking og høgare utdanning i arbeidet og til auka kvalitet i høgare utdanning. I UTFORSK blei det i 2022 tildelt 90 mill. kroner i støtte til 30 nye fireårige prosjekt (tildelingsrate 41 pst.). USA er det største samarbeidslandet, følgd av Brasil og Kina. Fagområda teknologi og naturvitskap utgjer over halvparten av prosjekta, medan samfunnsfag utgjer om lag ein firedel. Det er stor interesse i sektoren for samarbeidsprogrammet.

Dei nordiske landa har ein avtale om å gi innbyggarane sine gjensidig tilgang til høgare utdanning, med ein fastsett kompensasjon mellom landa. I 2022 betalte Noreg 58,3 mill. kroner i samband med avtalen. Avtalen sikrar at norske søkarar til høgare utdanning i andre nordiske land blir behandla likt med nasjonale søkarar ved opptak. Det same gjeld andre nordiske statsborgarar som søker opptak til høgare utdanning i Noreg. I 2022 var det 2 514 norske heilgradsstudentar i andre nordiske land og 1 201 nordiske studentar i Noreg.

Delar av løyvinga har i 2022 vore nytta til Fulbright-programmet, som er eit stipendprogram som støttar særleg kvalifiserte søkarar til studium på mastergrads- og doktorgradsnivå i USA og tilsvarande studentar frå USA som vil studere i Noreg. I tillegg blir det gitt stipend til forskarar frå Noreg og USA. Til saman 28 nordmenn fekk i 2022 stipend over dette programmet, 17 studerte på master- eller ph.d.-nivå, og 11 fekk forskarstipend. Samstundes fekk 35 amerikanske stipendmottakarar finansiert opphald i Noreg i 2022.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår ei samla løyving for post 51 og 71 på 171,1 mill. kroner, fordelt med 71 mill. kroner på post 51 og 100,1 mill. kroner på post 71. Departementet foreslår å redusere løyvinga med 11,9 mill kroner. Departementet foreslår å flytte 5,7 mill. kroner frå kap. 272, post 51 og 71 til kap. 288, post 74 for kontingenten til Europeisk senter for utvikling av yrkesretta opplæring (Cedefop). Sjå nærare omtale under kap. 288, post 74.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har forvalta ein stor portefølje av søknadsbaserte ordningar, tilskot og utviklingsmidlar retta mot mellom anna fagskular, høgskular og universitet. I 2024 foreslår regjeringa å flytte 338,8 mill. kroner frå program og tilskotsordningar på kap. 272, post 51, 52, 71 og 72 og kap. 275, post 21 til rammeløyvinga for universitet og høgskular. Sjå nærare omtale under kap. 256, post 01, kategoriinnleiinga under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og under kap. 260 Universitet og høgskular. Forslaget omfattar å flytte 43 mill. kroner frå kap. 272, post 51 og 71 til rammeløyvinga for universitet og høgskular over kap. 260, post 50 og 70. Endringane vil ikkje ha konsekvensar for forplikta utbetalingar framover i ordningar og program som blir avvikla.

HK-dir vil framleis bidra til at universitet og høgskular når måla sine gjennom kunnskapsinnhenting og kunnskapsdeling, rådgiving og samordning. Direktoratet vil følge opp målsetjingane i Panorama-strategien og Strategi for norsk deltaking i Erasmus+ og Det europeiske utdanningsområdet, mellom anna i arbeidet for ansvarleg internasjonalt samarbeid og norsk deltaking i sentraliserte tiltak som europeiske universitetsalliansar. HK-dir vil gjennom forvaltninga av noverande prosjektportefølje bidra til innovasjon, læring og deling av kunnskap, erfaringar og lovande praksis.

Løyvinga på post 51 og 71 går til følgande program og tiltak for internasjonalisering i utdanning:

  • programmet UTFORSK (oppfølging av Panorama-strategien)

  • den nordiske avtalen om gjensidig tilgang til høgare utdanning (74,4 mill. kroner)

  • ordninga Noregs-kunnskap i utlandet

  • prosjektetableringsstøtte Erasmus+

  • tilskot til internasjonalt samarbeid og utveksling i grunnskulen og den vidaregåande skulen

  • United World College

  • Det europeiske ungdomsparlamentet

  • Fulbright

Forslaget inneber at følgande program blir fasa ut frå 2024:

  • Partnarskapsprogram for globalt akademisk samarbeid (NORPART), gjeld løyvinga over Kunnskapsdepartementets budsjett

  • Program for auka studentmobilitet

Post 52 Tiltak for høgare utdanning, kan overførast, kan nyttast under post 72

Posten blir forvalta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Løyvinga kan nyttast under kap. 272, post 52 når midlane går til statlege aktørar, og under kap. 272, post 72 Tiltak for høgare utdanning for tilskot til ikkje-statlege aktørar.

Mål for 2024

Dei uteksaminerte kandidatane frå høgare utdanning er svært kompetente og dekker kompetansebehova i arbeidslivet og samfunnet.

Resultat i 2022

Kvalitetsprogramma er ei samlenemning på program som er innretta mot kvalitet i høgare utdanning. Føremålet med programma er å gi universiteta og høgskulane høve til å utvikle og spreie gode undervisningsmetodar og utdanningstilbod i tråd med forventningane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Eit av verkemidla under desse programma er senter for framifrå utdanning. Det står sentralt i ordninga at sentera skal arbeide for å spreie resultata sine og bidra med kompetansen sin til kvalitetsutvikling ved andre institusjonar for å løfte breidda i norsk høgare utdanning. Ordningane har lagt eit godt grunnlag som universiteta og høgskulane kan bygge vidare på i kvalitetsarbeidet framover. I 2022 fekk tre nye utdanningsmiljø status og finansiering som senter for framifrå utdanning. Ein rapport frå Riksrevisjonen i 2023 om studiekvalitetsarbeidet ved universiteta og høgskulane viser at det har vore utfordrande å få god spreiingseffekt, noko som har vore eit viktig mål med kvalitetsordningane.

Samarbeid med arbeidslivet er også eit viktig formål i fleire av tilskotsordningane for kvalitet gjennom HK-dir. Program for studentaktiv læring gir til dømes støtte til prosjekt som utviklar, prøver ut og evaluerer studentaktive lærings- og vurderingsformer for å styrke studentane si læring. Programma har vore attraktive, med høg konkurranse om midlar.

HK-dir overtok i 2022 oppfølginga av Program for maritim kompetanse, som er retta mot å utvikle kvalitet og relevans i maritime profesjonsutdanningar ved fagskular, høgskular og universitet. I 2022 tildelte HK-dir 37 mill. kroner til 20 nye prosjekt med særleg vekt på digitalisering og det grøne skiftet.

I 2022 blei den søknadsbaserte ordninga for fleksibel og desentralisert utdanning ført vidare, og det blei oppretta ei ny søknadsbasert ordning for studiesenter. HK-dir tildelte 184 mill. kroner gjennom dei to tilskotsordningane i 2022. Av midlane gjekk om lag 150 mill. kroner til 29 prosjekt ved universitet og høgskular, og 14 prosjekt ved fagskular, medan 33 studiesenter fekk tilskot på til saman 34 mill. kroner. I begge ordningane er det lagt vekt på kompetansebehova i dei ulike regionane og god geografisk spreiing av midlane ved tildeling av støtte. Ordningane har medverka til å styrke tilgangen til fleksibel og desentralisert utdanning i heile landet og meir aktivitet i distrikta gjennom at fleire får tilgang til utdanning der dei bur.

Direktoratet tildelte 50 mill. kroner til bu- og reisestønad til helse- og sosialfagstudentar og andre tiltak som støttar opp under kvalitet og kapasitet i praksis i kommunar som ligg langt frå campus. Førebels rapportering viser at midlane har bidrege til auka praksiskapasitet, og at kommunar som ikkje tidlegare har vore brukte som praksisarena, no blir det.

Lærebokordninga skal medverke til meir bruk og utvikling av norsk fagspråk. Søknader på fagområde med stort domenetap til engelsk og bøker på samisk og nynorsk er prioritert i ordninga. Større vektlegging av norsk fagspråk i høgare utdanning kan føre til at det blir produsert og publisert fleire læremiddel på norsk og samisk framover.

Covid-19-pandemien har gitt verdifull erfaring og kompetanse i bruk av digitale verktøy i undervisning, vurdering og læring som det er viktig å bygge vidare på. Fleirtalet av prosjekta som har fått støtte frå HK-dir dei seinare åra, inkluderer utvikling og pedagogisk bruk av digitale verktøy. Prosjekta har teke i bruk digitale verktøy for å fremje meir studentaktivitet i undervisnings- og læringsprosessen eller for å gjere undervisninga meir praksisnær.

Gjennom Program for kunstnarleg utviklingsarbeid har kunstnarlege utviklingsprosjekt fått prosjektmidlar og drive den nasjonale forskarskulen i dei skapande og utøvande kunstfaga, og utvikla doktorgradsutdanningane på dette området. Nasjonal forskarskule samlar stipendiatar frå små fagmiljø ved utdanningsinstitusjonar over heile landet og tilbyr eit tverrfagleg lærings- og forskingsmiljø.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår ei samla løyving for post 52 og 72 på 199,4 mill. kroner, fordelt med 147,3 mill. kroner på post 52 og 52,1 mill. kroner på post 72.

Forslaget omfattar å flytte 218,9 mill. kroner frå kap. 272, post 52 og 72 til rammeløyvinga for universitet og høgskular over kap. 260, post 50 og 70. Endringane vil ikkje ha konsekvensar for forplikta utbetalingar framover i ordningar og program som blir avvikla. Sjå òg omtale under kap. 272, post 51 og 71.

Vidare omfattar det å flytte 21,6 mill. kroner til kap. 240, post 60, som er driftsmidlar for fagskulane, og 9,7 mill. kroner til kap. 240, post 61, som er tilskot til utvikling av fagskular. Sjå nærare omtale under programkategori 07.40.

HK-dir vil framleis ha ei sentral rolle i å følge opp arbeidet i sektoren med utdanningskvalitet og fleksibel og tilgjengeleg utdanning, i tråd med studentane sine interesser og kompetansebehova i samfunnet. Direktoratet vil følge opp tilrådingane i rapporten frå Riksrevisjonen om kvalitet i høgare utdanning, og målsetjingane som ligg i mellom anna Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, utsynsmeldinga og Strategi og handlingsplan for digital omstilling i høgare utdanning og forsking. Departementet vil be direktoratet sjå på framtidig organisering og innretning av arbeidet med eit samla kunnskapsgrunnlag, og utvikle ei koordinerande rolle for arbeidet med eit godt kunnskapsgrunnlag for høgare utdanning. HK-dir vil halde fram arbeidet med å utvikle og dele kunnskapsgrunnlag, gi kunnskapsbaserte råd, legge til rette for utviklingsprosessar og innovasjon og samordne arenaer for deling av kunnskap, erfaringar og lovande praksis.

Løyvinga på post 52 og 72 går til følgande program og tiltak retta mot høgare utdanning:

  • søknadsbasert ordning for studiesenter

  • lærebokordninga for høgare utdanning

  • støtteordninga for opne norskspråklege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap

  • utdanningskvalitetsprisen for høgare utdanning

  • International Council for Open and Distance Education (ICDE)

Forslaget inneber at følgande program blir fasa ut frå 2024:

  • Studentaktiv læring / Arbeidslivsrelevans

  • Program for kunstnarleg utviklingsarbeid

  • Senter for framifrå høgare utdanning

  • Program for fleksible utdanningstilbod (med unntak av løyvinga til studiesenter)

  • Maritim kompetanse

Departementet foreslår å auke løyvinga på posten med 2 mill. kroner for å følge opp Frå ord til handling – handlingsplan for norsk fagspråk i akademia. I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 vedtok Stortinget midlar til kompetanseutvikling og studietilbod i Aust-Finnmark. Regjeringa foreslår å løyve 2,5 mill. kroner til Aust-Finnmark kunnskapssenter for å legge til rette for tilbod innanfor høgare yrkesfagleg utdanning.

Departementet foreslår 31,9 mill. kroner til bu- og reisestønad til helse- og sosialfagstudentar og andre tiltak som støtter opp under kvalitet og kapasitet i praksis i kommunar som ligg langt frå campus.

Regjeringa foreslår 8,5 mill. kroner til Høgskolesenteret i Kristiansund for å legge til rette for at universitet og høgskular kan tilby utdanning av høg kvalitet i Kristiansund.

Post 71 Tilskot til tiltak for internasjonalisering, kan overførast, kan nyttast under post 51

Sjå omtale under kap. 272, post 51.

Post 72 Tilskot til tiltak for høgare utdanning, kan overførast, kan nyttast under post 52

Sjå omtale under kap. 272, post 52.

Kap. 273 Kunnskapssektorens tenesteleverandør – Sikt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

50

Verksemdskostnader

178 729

182 910

425 635

Sum kap. 273

178 729

182 910

425 635

Post 50 Verksemdskostnader

Posten omfattar løyvinga til Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør, som er eit forvaltningsorgan med særskilde fullmakter under Kunnskapsdepartementet. Sikt har ansvar for felles digitale tenesteleveransar til kunnskapssektoren.

Mål for 2024

  • Kunnskapssektoren har god tilgang til infrastruktur og fellestenester av høg kvalitet

  • Kunnskapssektoren deler data for auka kunnskapsutvikling, innovasjon og verdiskaping

  • God informasjonstryggleik og godt personvern i kunnskapssektoren

Resultat i 2022

Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør blei oppretta 1. januar 2022, som følge av omorganisering av den sentrale forvaltninga av høgare utdanning, høgare yrkesfagleg utdanning og kompetansefeltet. Sikt har ansvar for hovuddelen av tenesteleveransane til dei tidlegare verksemdene Unit – Direktoratet for IKT og fellestenester i høgare utdanning og forsking, Uninett AS og Norsk senter for forskingsdata AS. Organiseringa skal gjere det enklare å levere eit heilskapleg og samanhengande tenestetilbod.

Sikt leverer fellestenester, data og digital infrastruktur til grunn- og vidaregåande opplæring, fagskule, høgare utdanning og forsking. Dei utviklar, skaffar og forvaltar rundt 80 ulike produkt og tenester mellom anna innan studieadministrasjon, undervisningsstøtte, infrastruktur, forskingsdata, bibliotek, datadeling, tryggleik og personvern. Talet på kundar og brukarar auka i 2022.

Sikt og Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) har samarbeidd om å revidere samstyringsmodellen for digitalisering i høgare utdanning og forsking. Samstyringsmodellen skal sikre brukarmedverknad i den løpande produktutviklinga og dermed at utvikling og forvaltning av fellestenestene er i tråd med behova til brukarane.

Sikt og HK-dir har i 2022 jobba med kvalitetssikring og førebuing av prosjektet for å modernisere og oppdatere opptakssystemet til grunnutdanningar ved universitet og høgskular, Samordna opptak. Opptaksplattforma bygger på gammal teknologi og har no eit stort behov for modernisering.

Kunnskapsdepartementet tildelte 8,7 mill. kroner av ei ramme på 14 mill. kroner til Sikt i 2022 for å utvikle eit nasjonalt utdanningsregister. Utdanningsregisteret skal vere ei plattform for sikker lagring av utdanningstilbod og akkrediteringa deira. Tiltaket skal fremje datadeling i sektoren, gi betre tenester for brukarane og legge til rette for bruk av data. Utdanningsregisteret skal utviklast for å kunne handtere data for heile utdanningsløpet, frå grunnopplæring til høgare utdanning.

Sikt har ført vidare arbeidet i cybertryggleikssenteret for forsking og utdanning, som er ei fellesteneste for betre å avdekke, analysere og handtere truslar og dermed redusere risiko i informasjonstryggleik og personvern i høgare utdanning og forsking. Senteret har òg ansvaret for oppgåva som sektorvist responsmiljø (SRM), som skal dekke alle dei underliggande verksemdene i sektor for høgare utdanning og forsking, frå hausten 2022 også for Utdanningsdirektoratet og Statped.

Sikt har i 2022 halde fram med å forhandle og reforhandle avtalar om open forsking med dei store forlaga på vegner av universitet, høgskular, forskingsinstitutt og sjukehus. Avtalane gir lesetilgang til alle tidsskrifta til forlaga og høve til å publisere forskingsartiklar utan ekstra kostnader. Sikt har auka tilgangen til forskingsdata gjennom nasjonalt og internasjonalt samarbeid. Sikt har både spesialtilpassa løysingar for nokre særskilde data (som European Social Survey, microdata.no og NorLAG-undersøkinga frå OsloMet), og eit stort forskingsdataarkiv for ulike norske spørjeundersøkingar, som no blir vidareutvikla til Surveybanken.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 425,6 mill. kroner på posten.

Av løyvinga er 140 mill. kroner første års løyving til å oppgradere det nasjonale forskingsnettet. Nettet blir brukt av meir enn 150 organisasjonar særleg i universitets- og høgskulesektoren og instituttsektoren, men også andre sektorar, som til dømes næringslivet. Regjeringa legg opp til ei tilsvarande tilleggsløyving på 140 mill. kroner i 2025. Brukarbetalingar over 20 år vil dekke investeringskostnadene for å oppgradere det nasjonale forskingsnettet. Det inneber at løyvinga til Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør frå og med 2025 blir redusert over den estimerte levetida til investeringa på 20 år. Sjå òg forslag til vedtak VIII.

Regjeringa vil styrke infrastrukturen for å gjere samfunnsøkonomiske data og helsedata tilgjengelege. Av løyvinga går 5 mill. kroner til microdata.no med mål om støtte den vidare utviklinga av plattforma med meir data og fleire variablar for bruk av registerdata hos små og store aktørar i heile landet.

Stortinget vedtok i 2023 å løyve 53,7 mill. kroner til å utvikle eit nytt IT-system for Samordna opptak og vedtok i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2023 at prosjektet kunne starte opp. Det er sett ei kostnadsramme (per 2023) på 264,4 mill. kroner. Midlane i 2023 var løyvde over kap. 275, post 21. Sikt skal ha hovudansvaret for å drive prosjektet vidare med bidrag frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte investeringsløyvinga frå kap. 275, post 21 med høvesvis 52,7 mill. kroner til Sikt på kap. 273, post 50 og 4,6 mill. kroner til HK-dir på kap. 256, post 21. Kunnskapsdepartementet foreslår vidare å auke løyvinga til investeringa med 17,9 mill. kroner på kap. 273, post 50. Departementet foreslår å løyve til saman 70,6 mill. kroner til investeringa på kap. 273, post 50 i 2024.

Ekstern kvalitetssikrar av prosjektet har vurdert at det nye IT-systemet vil vere meir komplekst å forvalte og drifte. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga til Sikt med 15,5 mill. kroner.

Kap. 274 Universitetssenteret på Svalbard

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

70

Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard

158 265

158 265

168 386

Sum kap. 274

158 265

158 265

168 386

Post 70 Tilskot til Universitetssenteret på Svalbard

Posten omfattar tilskot til Universitetssenteret på Svalbard AS (UNIS). UNIS er eit statleg aksjeselskap underlagt Kunnskapsdepartementet. UNIS blei etablert i 1993 som ein høgare utdannings- og forskingsinstitusjon for å gi utdanning på universitetsnivå i arktiske studium og bidra til å utvikle Svalbard som internasjonal forskingsplattform.

Mål for 2024

Høg kvalitet i utdanning og forsking knytt til Svalbards plassering i eit høgarktisk område.

Resultat i 2022

UNIS har studietilbod på universitetsnivå som eit supplement til den undervisninga som blir gitt ved institusjonane på fastlandet. Den geografiske plasseringa gir spesielle fortrinn gjennom bruk av naturen som laboratorium og arena for observasjonar, innsamling og analyse av data. Etter to år med redusert aktivitet som følge av covid-19-pandemien har 2022 vore eit normalår med full drift ved UNIS. UNIS tilbyr einskildemne på bachelor-, master- og doktorgradsnivå og tek imot studentar frå heile verda. I 2022 hadde 717 studentar frå til saman 46 ulike nasjonar kortare eller lengre studieopphald ved UNIS. 45 pst. av studentane kom frå studieprogram ved norske universitet. Til saman blei det utført 208 studentårsverk ved senteret. Det er 41 fleire enn i 2021 og på same nivå som i 2018. UNIS hadde 23 stipendiatar og fire postdoktorar i 2022.

UNIS har dei siste åra brukt meir ressursar på å koordinere og organisere forskinga og dei faglege satsingane. Dei har i løpet av 2022 mellom anna førebudd søknader om forskingsmidlar og er partnar i ulike prosjekt som fekk finansiering. Vidare har dei hatt interne satsingar på Nasjonalt vitenarkiv og på å sikre og gjere vitskapleg data tilgjengelege for å styrke forskingsaktiviteten og bli meir synleg internasjonalt. Gjennom det internasjonale prosjektet Cryosphere Integrated Observatory Network (CRIOS) fekk Arktisk teknologi finansiering til å etablere ein observasjonsstasjon for kryosfæren i Longyearbyen. Ved Arktisk geofysikk starta dei pilotprosjektet PermaMeteoCommunity, som skal utvikle eit responssystem for klimaendringar i arktiske samfunn.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 168,4 mill. kroner på posten.

Kap. 275 Tiltak for høgare utdanning og forsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

134 174

186 077

71 062

70

Tilskot, kan nyttast under post 21

149 780

77 524

71 565

Sum kap. 275

283 954

263 601

142 627

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Løyvinga til ulike tiltak og prosjekt innanfor høgare utdanning og forsking kan nyttast under kap. 275, post 21 når midlane er til statlege aktørar, og under kap. 275, post 70 for tilskot til ikkje-statlege aktørar.

Delar av løyvinga kan nyttast til lønn og andre utgifter for tilsette i Kunnskapsdepartementet.

Mål for 2024

Høg kvalitet og samordning innanfor høgare utdanning og forsking.

Resultat i 2022

Midlane til partnarskapssamarbeid i 2022 har bidrege til at lærarutdanningsinstitusjonane har kunna vidareutvikle kvalitetssamarbeidet med skule- og barnehageeigarar om praksis av høg kvalitet. Praksissatsingane som regjeringa har støtta gjennom Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), om styrkt praksis og FoU-samarbeid, har hatt som mål å få til samarbeid og kunnskapsutvikling om kvalitet i praksis, slik at studentane kan få eit betre læringsutbyte. Fagleg råd for lærarutdanning har teke føre seg arbeidet som blir gjort i samband med bachelor- og masteroppgåver i lærarutdanningane, og potensialet for kvalifisering, kunnskap og organisasjonsutvikling som ligg i dette. Seks universitet og høgskular tok i 2022 opp til saman 311 studentar til den nye femårige lærarutdanninga i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13 (LUPE). Dette er eit litt lågare opptakstal enn til den treårige utdanninga i dei siste åra, men like mange som i 2018 og nokre år før. I 2022 støtta departementet institusjonane i arbeidet med å førebu implementeringa av denne utdanninga.

Kunnskapsdepartementet starta i 2017 arbeidet med å utvikle nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane (RETHOS-prosjektet). Det er sett av 5,3 mill. kroner årleg til prosjektet. Retningslinjene blir utarbeidde av programgrupper som departementet nemner opp. Det er til no utarbeidd retningslinjer for 21 grunnutdanningar og 11 master- og/eller vidareutdanningar. I 2022 har retningslinjer for fleire masterutdanningar vore under utvikling.

HK-dir og Sikt – Kunnskapssektorens tenesteleverandør fekk til saman 17,5 mill. kroner i 2022 til programmet for informasjonstryggleik (2019–22). Programmet har bidrege til at fleire institusjonar etterlever krava til informasjonstryggleik og personvern, og det er no avslutta.

Departementet tildelte 5,5 mill. kroner til Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI) for å bidra til meir innsikt i og spreiing av informasjon om internasjonale forhold, særleg til barn og unge. NUPI har mellom anna arrangert seminar og konferansar med om lag 6 400 deltakarar og produsert 28 podkastepisodar med 35 500 avspelingar. Alle arrangement blir direktesende digitalt.

Det blei tildelt midlar til Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek for prøveprosjektet tilrettelagt pensum for studentar med lesevanskar, som resulterte i produksjon av 487 titlar som både e-bok og på lyd i 2022.

Departementet tildelte midlar til fleire evalueringar og utgreiingsoppdrag som har bidrege til eit betre grunnlag for å nå måla for posten, mellom anna den europeiske studentundersøkinga Eurostudent VIII, ekspertgruppe for akademisk ytringsfridom, ekspertgruppe om universitetsakkreditering, undersøking blant arbeidsgivarar som har tilsett nyutdanna kandidatar frå fagskular, høgskular og universitet, evaluering av campusutviklingsplanar og evaluering av Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), sjå meir om resultata av NKR-evalueringa under programkategori 07.40 Høgare yrkesfagleg utdanning.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 71,1 mill. kroner på posten.

Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse har forvalta ein stor portefølje av søknadsbaserte ordningar, tilskot og utviklingsmidlar retta mot mellom andre fagskular, høgskular og universitet. I 2024 foreslår regjeringa å flytte 338,8 mill. kroner frå program og tilskotsordningar til rammeløyvinga for universitet og høgskular. Sjå nærare omtale under kap. 256, post 01, kategoriinnleiinga under programkategori 07.60 Høgare utdanning og forsking og under kap. 260 Universitet og høgskular. Forslaget omfattar å flytte til saman 76,9 mill. kroner frå kap. 275, post 21 til rammeløyvinga til universitet og høgskular over kap. 260, post 50 og 70, som har vore retta til ordningane partnarskap for og kvalitetsutvikling av praksis i lærarutdanningane. Endringane vil ikkje ha konsekvensar for forplikta utbetalingar framover i ordningar som blir avvikla.

Kunnskapsdepartementet foreslår å flytte løyvinga som i 2023 går til å utvikle nytt teknisk system for opptak til høgare utdanning, med 52,7 mill. kroner til kap. 273, post 50 og 4,6 mill. kroner til kap. 256. post 21, sjå omtale under kap. 273, post 50.

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 1,5 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 200, post 01, mellom anna som følge av fleire oppgåver knytt til tryggleik og beredskap i departementet. Sjå nærare omtale under kap. 200, post 01.

Departementet foreslår ein reduksjon i løyvinga på 0,6 mill. kroner for å finansiere andre tiltak på Kunnskapsdepartementets budsjett.

Midlane over kap. 275, post 21 skal gå til mellom anna følgande formål:

  • Utvikling av nasjonale retningslinjer for helse- og sosialfagutdanningane: 6 mill. kroner

  • Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI), for å spreie forskingsbasert informasjon om internasjonale tilhøve, særleg til barn og unge: 6 mill. kroner

  • Sikt, for arbeid med sektorvist responsmiljø (SRM): 4,2 mill. kroner

  • HK-dir, for arbeid med styringsmodell for informasjonstryggleik: 4,2 mill. kroner

  • Prosjekt for å styrke kvaliteten i praksis i lærarutdanningane: 3,9 mill. kroner

  • Arbeidet med å redusere rammeplanstyringa av lærarutdanningane: 2,5 mill. kroner

  • Nord universitet, for arbeid med trafikklærarutdanning: 1,1 mill. kroner

  • Polhavsprogrammet GoNorth: 1 mill. kroner

  • Fagleg råd for lærarutdanning 2025: 0,9 mill. kroner

I tillegg foreslår departementet midlar over kap. 275, post 21 til mellom anna å dekke kostnader ved å avvikle dei regionale forskingsfonda, stortingsmelding om profesjonsutdanning, den europeiske studentundersøkinga Eurostudent VIII, evaluering av Erasmus+, arbeidet med forskingsprisar og andre mindre tiltak. Sjå kap. 286, post 60 for nærare omtale av avvikling av dei regionale forskingsforfonda.

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 5 mill. kroner til Kommunane sitt strategiske forskingsorgan (KSF) for å medverke til eit kunnskapssystem forankra i forskings- og kunnskapsbehova til dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Sjå òg kap. 285, post 51. Helse- og omsorgsdepartementet foreslår òg å løyve 5 mill. kroner til KSF. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2023–2024) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Mål for 2024

Høg kvalitet og samordning innanfor høgare utdanning og forsking.

Resultat i 2022

Universitets- og høgskulerådet (UHR) arbeider for å betre samordninga mellom universitet og høgskular. I 2022 har UHR mellom anna gitt innspel om aktuelle saker frå regjeringa, lagt til rette for erfaringsutveksling mellom institusjonane i samband med krigen i Ukraina og arrangert konferansar i sektoren. UHR har også fått midlar til Det nasjonale publiseringsutvalet og til UHR-lærerutdanning.

Komité for kjønnsbalanse og mangfald i forsking har i 2022 mellom anna gitt råd til fleire institusjonar om EU-krav til handlingsplanar og mangfaldstiltak, leia arbeidspakke på interseksjonalitet i Horisont Europa-prosjektet GENDERACTIONplus og formidla aktuell forsking og informasjon om kjønn og mangfald i akademia via kifinfo.no.

Midlane til Det Norske Videnskaps-Akademi, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap, Akademiet for yngre forskarar, Senter for grunnforsking og Forskningsinstituttenes fellesarena har bidrege til drift og arbeid for å fremje og formidle vitskap, mellom anna ved å organisere møte og symposium og gjennom vitskapleg publisering.

Studiesenteret Lister kompetanse, Høgskolesenteret i Kristiansund og Campus Nord-Troms studiesenter fekk særskilt øyremerkte tilskot i 2022, i motsetnad til andre studiesenter. Dei to førstnemde søkte og fekk i 2023 tilskot gjennom den felles søknadsbaserte ordninga i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, medan Høgskolesenteret i Kristiansund fekk direkte tilskot over Kunnskapsdepartementets budsjett.

Løyvinga på posten har også finansiert tiltak som kvalitetsutvikling for grunnskulelærarutdanning (GLU 1–7) ved Steinerhøyskolen, Space Education 2.0 ved Andøya Space og kandidatundersøkinga ved Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 71,6 mill. kroner på posten.

Departementet foreslår følgande tilskot:

  • Senter for grunnforsking (CAS), inkludert Young CAS Fellow: 26,5 mill. kroner

  • Universitets- og høgskolerådet, inkludert Kif-komiteen og Det nasjonale publiseringsutvalet: 24,1 mill. kroner

  • Det Norske Videnskaps-Akademi: 10,6 mill. kroner

  • Det Kongelige Norske Videnskabers Selskap: 3,7 mill. kroner

  • Akademiet for yngre forskarar: 2,5 mill. kroner

  • UHR-lærerutdanning: 2 mill. kroner

  • Andøya Space: 0,9 mill. kroner

  • Forskningsinstituttenes fellesarena: 0,7 mill. kroner

Departementet foreslår ein reduksjon i løyvinga på 10,9 mill. kroner for å finansiere andre tiltak på Kunnskapsdepartementets budsjett.

Kap. 3275 Tiltak for høgare utdanning og forsking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Inntekter frå oppdrag

10

10

Sum kap. 3275

10

10

Kap. 284 Dei nasjonale forskingsetiske komiteane

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

19 094

20 119

21 206

Sum kap. 284

19 094

20 119

21 206
Post 01 Driftsutgifter

Dei nasjonale forskingsetiske komiteane (FEK) er eit forvaltningsorgan under Kunnskapsdepartementet. Løyvinga dekker arbeidet i administrasjonen, granskingsutvalet og dei tre nasjonale forskingsetiske komiteane for høvesvis medisin og helsefag, samfunnsvitskap og humaniora, og naturvitskap og teknologi. Oppgåvene er fastsette i forskingsetikklova, som også slår fast at komiteane og utvala er fagleg uavhengige organ.

Mål for 2024

  • Forskarar og forskingsinstitusjonar fremjar etisk god og ansvarleg forsking

  • Andre aktørar tek omsyn til forskingsetikk i arbeidet sitt

  • Samfunnet har tillit til forsking

Resultat i 2022

Riksrevisjonen konkluderte i 2021 med at dei statlege universiteta og høgskulane ikkje gjer nok for å sikre at forsking skjer i tråd med forskingsetikklova og forskingsetiske normer. For å følge opp dette har FEK i 2022 jobba vidare med å revidere og ferdigstille faglege retningslinjer og rettleiarar. Dei har òg drive rådgiving og formidling for å legge betre til rette for at institusjonane og forskarar fremjar etisk god og ansvarleg forsking. Ei anna prioritert oppgåve har vore å styrke samarbeidet mellom komiteane, utvala og sekretariatet og velje ut fagleg prioriterte tema å jobbe saman om. I 2022 var temaet akademisk fridom og publiseringsetikk. Dei fekk i 2022 mange nye medlemmer i komiteane og utvala og har derfor også arbeidd med opplæring av nye medlemmer. FEK har også bidrege til å gjere andre aktørar i forskingssystemet meir merksame på forskingsetikk, mellom anna finansaktørar, oppdragsgivarar og samarbeidspartnarar.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 21,2 mill. kroner på posten.

Kap. 285 Noregs forskingsråd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

51

Strategiske forskingsprioriteringar

3 013 973

52

Langsiktig, grunnleggande forsking

2 378 476

1 757 574

1 769 145

53

Sektoroverskridande og strategiske satsingar

2 709 508

1 939 694

54

Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

1 005 607

787 609

55

Verksemdskostnader

787 158

744 217

766 873

Sum kap. 285

6 880 749

5 229 094

5 549 991

Noregs forskingsråd er ein sentral aktør i det norske forskings- og innovasjonssystemet og eit viktig verkemiddel for å nå dei forskingspolitiske måla til regjeringa. Sjå omtalen av mål under post 55.

I tråd med sektorprinsippet for norsk forsking, som inneber at kvart departement har ansvar for å finansiere forsking innanfor sine ansvarsområde, bidreg løyvingar frå mange departement til å nå dei måla regjeringa har sett for forskingspolitikken. Ei oversikt over tildelingane til Forskingsrådet frå alle departement i 2023 og 2024 er lagd fram i del III, kap. 5.

Kunnskapsdepartementet har ansvaret for etatsstyringa av Forskingsrådet og for at rådet når måla som er sette for verksemda. Eit felles styringssystem for Forskingsrådet samordnar styringssignala frå dei ulike departementa til Forskingsrådet.

Nokre av løyvingane til Forskingsrådet er øyremerkte tilskot til institusjonane, sjå tabell 4.27.

Tabell 4.27 Øyremerkte tilskot gjennom Noregs forskingsråd

(i 1 000 kr)

Organisasjon

Kap.post

Forslag 2024

Simula AS

285.52

80 525

Uninett Sigma2 AS1

285.51

50 000

1 Løyvinga til Uninett Sigma 2 AS er ei snittløyving for den komande avtaleperioden.

Oppfølging av økonomisituasjonen i Noregs forskingsråd

Kunnskapsdepartementet viser til tidlegare orienteringar til Stortinget om økonomisituasjonen i Noregs forskingsråd i Prop. 1 S (2021–2022) for Kunnskapsdepartementet, Prop. 115 S (2021–2022) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2022, Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet og Finansdepartementets Prop. 33 S (2022–2023) Ny saldering av statsbudsjettet 2022. I 2022 sette styret i Forskingsrådet i verk fleire tiltak for å redusere dei negative avsetningane som følge av tidlegare års overforbruk. Døme på tiltak var reduksjon i utlysingar og tildelingar og utsetjing av utlysingar på einskilde program. I tillegg vedtok Stortinget ei ekstraordinær fullmakt for 2022, som blei ført vidare i 2023, jf. Innst. 12 S (2022–2023) vedtak VIII. Fullmakta gjer det mogleg å nytte løyvingar som er overførte til Forskingsrådet til forskingsformål i 2023 eller tidlegare budsjettår, til å dekke forpliktingar til forskingsprosjekt med andre formål i Forskingsrådets portefølje innanfor ei samla ramme på 3 500 mill. kroner. Prognosar frå hausten 2022 tilsa negative avsetningar på einskilde postar fleire år fram i tid. I nysalderinga av statsbudsjettet for 2022 vedtok Stortinget ei ekstra løyving på 1,64 mrd. kroner til Forskingsrådet.

For å følge opp effekten av den ekstra løyvinga og dei andre tiltaka som blei sette i verk for å redusere avsetningane, bad Kunnskapsdepartementet i tildelingsbrevet til Forskingsrådet for 2023 om at Forskingsrådet skulle legge fram oppdaterte prognosar kvart kvartal for bindingar og utbetalingar samla og for einskilde postar.

I 2023 har Forskingsrådet hatt tett dialog med departementa, særleg dei departementa som har postar med negative avsetningar, for å følge situasjonen. Kvartalsrapportane har vore eit godt utgangspunkt for denne dialogen og har gitt god oversikt over prognosar fram i tid på dei einskilde budsjettpostane.

Prognosar frå den siste kvartalsrapporten syner at Forskingsrådet samla sett ligg an til å ha positive overføringar på 2,17 mrd. kroner ved utgangen av 2023 og 1,69 mrd. kroner ved utgangen av 2024. Samstundes vil det i følge prognosane vere negative avsetningar på budsjettpostar under Helse- og omsorgsdepartementet, Kommunal- og distriktsdepartementet og Utanriksdepartementet. Dei negative avsetningane er rekna til om lag 87 mill. kroner ved utgangen av 2024.

Regjeringa foreslår også å vidareføre den ekstraordinære fullmakta til Forskingsrådet. Det vil seie at Stortinget samtykker i at Forskingsrådet i 2024 kan nytte løyvingar som er overførte til Forskingsrådet til forskingsformål i 2024 eller tidlegare budsjettår, til å dekke forpliktingar til forskingsprosjekt med andre formål i Forskingsrådets portefølje innanfor ei samla ramme på 500 mill. kroner, jf. forslag til vedtak XIII.

Arbeid med ny budsjettmodell for Noregs forskingsråd

I Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet varsla regjeringa at einskilde postar må kunne ha negative avsetningar fram til forslag til ny budsjettmodell for Forskingsrådet kan leggast fram for Stortinget i samband med statsbudsjettet for 2024. Arbeidet med ny budsjettmodell har vore ein sentral del av oppfølginga av økonomisituasjonen.

Forskingsrådet er i dag ei nettobudsjettert verksemd med særskilde fullmakter til å overføre ubrukte midlar ved utgangen av eitt budsjettår til eit anna. Den viktigaste oppgåva til Forskingsrådet er å lyse ut og tildele midlar til forskings- og innovasjonsformål. Prosjekta som får pengar, varer oftast over fleire år. Perioden med utlysing, innsending av søknader, og fagleg vurdering inneber at det alltid vil ta noko tid frå Stortinget gjer sine vedtak om løyving til pengane vert nytta til formålet. I dag er ikkje løyvingane til Forskingsrådet forankra i tilsegnsfullmakter, men Forskingsrådet gir likevel tilsegn om tilskot gjennom heile prosjektperioden. Dette er ei av årsakene til at det bygger seg opp avsetningar, jf. omtale i tidlegare budsjettproposisjonar til Stortinget. Høge og varierande avsetningar utfordrar Stortingets løyvingsreglement og økonomireglementet fordi det kan kome i konflikt med kontantprinsippet, eittårsprinsippet og kravet om realistisk budsjettering. Budsjettet og statsrekneskapen reflekterer ikkje fullt ut den faktiske forskingsaktiviteten som staten finansierer gjennom Forskingsrådet i budsjettåret. DFØ har peikt på at måten Forskingsrådet har praktisert likviditetsstyring på, bryt med Stortingets løyvingsreglement.

Regjeringa meiner at det er heilt nødvendig at Forskingsrådet har gode rammevilkår for å løyse oppgåvene sine effektivt og på ein måte som tek omsyn til den langsiktige karakteren forsking har. Eit godt budsjettsystem skal bygge opp under dette. Forskingsrådet treng tilstrekkeleg fleksibilitet til å kunne sjå midlane i samanheng, føreseielegheit til å planlegge framover og forplikte forskingsprosjekt fram i tid. På grunnlag av dette tek regjeringa sikte på å innføre bruttobudsjettering med tilsegnsfullmakter og meirinntektsfullmakter for Forskingsrådet frå og med 1. januar 2025. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med forslag til utforming av og overgang til ny budsjettmodell i forslaget til statsbudsjett for 2025.

Regjeringa foreslår òg å redusere talet på budsjettpostar med løyvingar til Forskingsrådet. Alle departement skal som hovudregel finansiere forsking i Forskingsrådet over éin budsjettpost. Unntaket er pengar som går direkte vidare til gitte mottakarar, til dømes basisløyvingar til forskingsinstitutt og vitensenter. Dette forslaget bidreg til å gjere strukturen for finansiering av formål gjennom Forskingsrådet enklare og meir oversiktleg. På Kunnskapsdepartementets område inneber dette at forsking gjennom Forskingsrådet blir finansiert over følgande postar:

  • kap. 201, post 50 (Forsking på utdanning og forsking)

  • kap. 226, post 71 (Tilskot til vitensenter)

  • kap. 285, post 51 (Strategiske forskingsprioriteringar)

  • kap. 285, post 52 (Langsiktig, grunnleggande forsking)

  • kap. 285, post 55 (Verksemdkostnader)

  • kap. 287, post 70 (Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt)

Nærare omtale av dei nye postane under kap. 285 blir gitt under.

Post 51 Strategiske forskingsprioriteringar

Post 51 er ei samanslåing av tidlegare kapittel 285, post 53 Sektoroverskridande og strategiske satsingar og 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse.

Løyvinga skal støtte forsking med høg relevans og kvalitet på område som regjeringa prioriterer, og bidra til å oppnå måla og prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Inkludert i dette er forskings- og datainfrastruktur av nasjonal strategisk interesse og støtte til internasjonalt forskingssamarbeid. Midlar på posten kan òg verke saman med midlar frå andre departement i ein startfase for å skape koordinerte endringar i forskinga for prioriterte samfunnssektorar. Samfinansiering skal vurderast jamleg for å følge opp forskingsprioriteringane til regjeringa.

Den nye budsjettposten finansierer mange ulike satsingar. Kunnskapsdepartementet vil gjennomgå posten med sikte på å rydde i det som blir finansiert over den nye posten. Departementet vil i den samanheng også vurdere behovet for å revidere prinsippa for fordeling av løyvingane på posten, jf. Innst. 12 S (2020–2021) og Prop. 1 S (2020–2021), og vil kome tilbake til Stortinget i samband med komande budsjett.

Mål for 2024

Forsking med høg relevans og kvalitet som medverkar til å følge opp prioriteringane i Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2023–2032, jf. Innst. S. 170 (2022–2023) og Meld. St. 5 (2022–2023), og andre satsingar som regjeringa prioriterer.

Budsjettforslag for 2024

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 3 mrd. kroner på posten.

Regjeringa foreslår at løyvinga på posten skal gå til satsingar som følger opp prioriteringane i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, og som medverkar til sektoroverskridande forsking av strategisk interesse.

I 2024 vil delar av løyvinga på posten gå til den varsla satsinga på framtidas databehandling – kunstig intelligens, digital tryggleik og samfunnskonsekvensar av teknologiutviklinga, som omtalt i kategoriinnleiinga. Satsinga gjennom Forskingsrådet har tre hovudspor: a) forsking om konsekvensar av kunstig intelligens og andre digitale teknologiar for individ og samfunn, b) forsking på digitale teknologiar som kunstig intelligens, digital tryggleik, neste generasjons IKT, nye sensorar og kvanteteknologi, c) forsking på korleis digitale teknologiar kan brukast til innovasjon i næringslivet og offentleg sektor og korleis kunstig intelligens kan kome til nytte i forskinga på mange ulike fagområde. Satsinga skal vere på minst 1 mrd. kroner over ein femårsperiode.

Forskingsrådet speler ei sentral rolle i arbeidet med å styrke det internasjonale forskingssamarbeidet med strategisk viktige land utanfor EU/EØS. Samarbeid med leiande internasjonale kunnskapsmiljø bidreg til å auke kvaliteten i norske fagmiljø. Som ein del av arbeidet med ein forenkla poststruktur, jf. omtale over, foreslår departementet å flytte 41,1 mill. kroner frå kap. 288, post 21 til kap. 285, post 51. Midlane skal gå til samarbeidsprogrammet Internasjonale partnarskap for framifrå utdanning, forsking og innovasjon (INTPART). INTPART bidreg til å styrke forskingssamarbeidet med dei prioriterte samarbeidslanda i Panorama-strategien (2021–27), og departementet er oppteke av at Forskingsrådet følger opp Sør-Korea som eit av dei nye prioriterte samarbeidslanda. Dei konkurranseutsette midlane til polarforsking blir vidareført. Forskingsprosjektet Arven etter Nansen går inn i det siste prosjektåret i 2024.

Departementet foreslår å løyve 103,7 mill. kroner til ei ordning i Forskingsrådet for å finansiere FoU-prosjekt forankra i behova til dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Ordninga må sjåast i samanheng med midlar til Kommunane sitt strategiske forskingsorgan, jf. omtale i kap. 275, post 21. Målet er eit kunnskapsløft som eit bidrag for å møte utfordringane i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Regjeringa tek sikte på å legge fram ein strategi i løpet av våren 2024 for å auke næringslivet sin del i finansieringa av forsking og utviklingsarbeid. Dette er i tråd med målsetjinga i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Regjeringa foreslår at delar av løyvingane på posten skal medverke til å styrke næringslivets kontakt med forskingsutførande sektor og auke næringslivets kompetanse, noko som på sikt kan auke næringslivets forskingsinnsats.

Midlane på posten skal òg gå til å finansiere Forskingsrådets ordning Nasjonal satsing på infrastruktur. I tillegg skal løyvinga finansiere følgande særskilde formål:

  • norsk bidrag til dei internasjonale infrastrukturprosjekta CESSDA ERIC, ECCSEL ERIC, Svalbard Integrated Arctic Earth Observing System, European Spallation Source og EISCAT.

  • basisløyvinga til Sigma2 AS. Kunnskapsdepartementet foreslår at denne blir vidareført i 2024

Det internasjonale forskingsinfrastruktursamarbeidet EISCAT er i dag organisert som ei ideell foreining etter svensk lov. EISCAT har vedteke å gjere om organisasjonsforma til aksjeselskap. Selskapet skal vere eigd av styresmaktene i dei tre vertslanda Sverige, Finland og Noreg. Regjeringa kjem tilbake til denne saka i samband med revideringa av statsbudsjettet for 2024.

Løyvinga på posten vil òg gå til Retur-EU, ei ordning for å støtte opp om dei norske institutta si deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa. Sjå Prop. 1 S (2022–2023) for Kunnskapsdepartementet for omtale av ramma for Retur-EU-ordninga.

Departementet foreslår å rammeoverføre 20,6 mill. kroner til Nærings- og fiskeridepartementet til Innovasjon Noregs arbeid med å stimulere til auka deltaking i Horisont Europa.

Departementet foreslår å flytte 4 mill. kroner til kapittel 285, post 55, der midlane skal nyttast til oppfølging av aktuelle forskingstiltak.

Post 52 Langsiktig, grunnleggande forsking

Kunnskapsdepartementet har eit særskilt ansvar for å finansiere forsking som ikkje er øyremerkt særskilde tema eller formål. Løyvinga over kap. 285, post 52 skal finansiere langsiktig, grunnleggande forsking, bidra til å betre den vitskaplege kvaliteten i forskingsmiljø eller på einskilde forskingsområde og bidra til å utvikle fagmiljø av framifrå kvalitet.

Mål for 2024

Langsiktig, grunnleggande forsking av høg kvalitet, uavhengig av fagområde.

Resultat i 2022

Satsinga på langsiktig, grunnleggande forsking har medverka til at forskingssystemet har prioritert banebrytande forsking, og til at dei beste forskarane har fått høve til å drive framifrå forsking og utvikle forskarkarrieren sin. Norsk artikkelproduksjon er generelt høg og held eit høgt siteringsnivå. Norsk forsking hevdar seg også betre i Europa enn tidlegare, men det er framleis potensial for fleire norske prosjekt frå Det europeiske forskingsrådet (ERC), ikkje minst i naturvitskap, livsvitskap og teknologi. I 2022 blei ei ny fagevaluering av biovitskap og naturvitskap sett i gang.

Forskingsrådet tildelte i 2022 meir enn 80 nye prosjekt innanfor banebrytande forsking (FRIPRO). Alle prosjekta startar i 2023. Universitets- og høgskulesektorens del av løyvingane har auka over tid, medan instituttsektorens del har flata ut.

Prosentdelen innvilga prosjekt blei svært låg, om lag 5 pst., og Forskingsrådet har sett i gang tiltak for å redusere søknadsmengda. Målet er at 25 pst. av prosjekta blir innvilga, med mindre ressursbruk både for søkarane og for Forskingsrådet. For FRIPRO er mellom anna årleg søknadsfrist erstatta med behandling av søknader etter kvart, og det er innført karantene for søknader som får karakter under gitte grenser. Desse og nokre mindre tiltak er innførte for å nå målet om at 25 pst. av søknadene blir innvilga.

Sentera for framifrå forsking (SFF) bidreg til å styrke kvaliteten i norsk forsking. Søknadsbehandlinga av den femte generasjonen SFF-ar blei gjennomført i 2022 og resulterte i at ni nye prosjekt startar opp i 2023. 13 senter i tredje generasjon SFF-ar er i avslutningsfasen.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 1,8 mrd. kroner på posten.

Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forsking og høgare utdanning 2023–2032 seier at regjeringa vil legge grunnlaget for å utvikle fleire framifrå fagmiljø og heve kvaliteten på forsking og utdanning. Satsinga på langsiktig, grunnleggande forsking skal medverke til at dei beste forskarane får høve til å drive framifrå forsking. Løyvingane på posten må sjåast under eitt med løyvingane på kapittel 285, post 51 Strategiske forskingsprioriteringar. Løyvingane på desse to postane nyttast til å sette i gang breie, tematiske forskingssatsingar som er nødvendig for å løyse store samfunnsutfordringar, og til å sørge for at forskingssystemet har tilstrekkeleg med forskarinitiert forsking av høgste kvalitet.

Post 53 Sektoroverskridande og strategiske satsingar

Sjå kap. 285, post 51 for mål og budsjettforslag for 2024.

Resultat i 2022

Midlane på posten skal sørge for ei god oppfølging av langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. På grunn av den koordinerande rolla Kunnskapsdepartementet har i forskingspolitikken finansierer posten mange ulike område og aktivitetar i Forskingsrådets portefølje. Midlane skal også bidra til å auke forskingskapasitet på viktige område.

Løyvinga på posten finansierer stimuleringsordningar for auka deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon. Midlane går til ei rekke tiltak, i hovudsak i Forskingsrådet, men òg i Innovasjon Noreg. I løpet av dei to første åra i programperioden for Horisont Europa har norske forskings- og innovasjonsmiljø, næringsliv og offentlege verksemder og helseføretak henta heim om lag 3,35 pst. av dei konkurranseutsette midlane, førebels godt over ambisjonsnivået på 2,8 pst. for heile programperioden. Dette utgjer om lag 4,9 mrd. kroner. Av dei norske miljøa som deltek, står næringslivet for 21 pst., universitets- og høgskulesektoren for 25 pst. og instituttsektoren for 35 pst.

Brorparten av dei konkurranseutsette midlane til polarforsking blei òg finansiert over denne posten, totalt 64 mill. kroner. I underkant av 30 pst. av alle midlar fordelte til polarforsking over Forskingsrådets budsjett var Svalbard-relevante. I tillegg gjekk 60 mill. kroner til det forskarinitierte prosjektet Arven etter Nansen (AeN). AeN fekk særs gode skotsmål i midtvegsevalueringa og er no inne i siste fase.

Andre sentrale satsingar som har fått finansiering over denne posten, er senter for forskingsdriven innovasjon (SFI) og forskingssenter for miljøvennleg energi (FME). SFI-ane bidreg til å fremje utvikling av næringsretta forskingsmiljø som ligg i den internasjonale forskingsfronten. Sentera legg godt til rette for eit nært samarbeid mellom bedrifter og forskingsgrupper. I 2022 var det i underkant av 60 aktive senter med tildeling frå Forskingsrådet, av desse var 39 SFI og 11 FME. Meir enn 60 pst. av partnerane i sentera er frå næringslivet.

Ein del av Forskingsrådets oppdrag er å bidra til nyskaping og verdiskaping frå forskingsinstitusjonane, og dette blir finansiert over posten. Forskingsrådet melder at det er potensial til å auke FoU-innsatsen i næringslivet gjennom meir samarbeid med universitet, høgskular og instituttsektor og gjennom auka mobiliseringsinnsats. Støtte gjennom FORNY skal bidra til at forskingsresultata frå offentleg finansierte forskingsinstitusjonar kjem til nytte og skaper verdiar i samfunnet. Forskingsrådets støtte til tidlegfasekommersialisering frå utdannings- og FoU-institusjonane gjennom FORNY er viktig for å verifisere idear og prosjekt.

Talet på søknader om kommersialiseringsprosjekt frå universitet, høgskular og institutt auka i 2022, etter ein nedgang i pandemiåra. Søknadene held generelt høg kvalitet og ei rekke prosjekt resulterer i nye lisensar eller oppstartselskap som også har suksess i EU og på venturemarknaden.

Deltakinga frå norsk næringsliv i EUs rammeprogram Horisont Europa held frem å auke. Norske forskings- og innovasjonsmiljø har gjort det godt i Horisont Europas innovasjonssatsing, EIC, særleg innanfor djup teknologi. Dette i samspel med universitet, høgskular og institutt. Den norske returandelen i søyle 2 Globale utfordringar og konkurransedyktig europeisk næringsliv er på 3,8 pst., og samfunnsoppdrag har ein returdel på 5 pst.

Post 54 Forskingsinfrastruktur av nasjonal, strategisk interesse

Sjå kap. 285, post 51 for mål og budsjettforslag for 2024.

Resultat i 2022

Etter søknadsbehandling av utlysinga i 2020 har Forskingsrådet i 2022 sluttført kontraktsforhandlingar med institusjonane for 22 søknader. Samla tildeling i infrastrukturordninga er så langt 7,4 mrd. kroner. Midlane fordeler seg på universitets- og høgskulesektoren (55 pst.), instituttsektoren (31 pst.) og internasjonale organisasjonar (14 pst.), men mange av infrastrukturane medfører samarbeid på tvers av sektorar. Institusjonane har lagt ein stor innsats i å utvikle og drifte infrastrukturane som yter tenester til ei rekke forskingsmiljø og næringsliv innan prioriterte område i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning. Norske forskingsmiljø deltek i 18 felleseuropeiske forskingsinfrastrukturar i ESFRI Roadmap, med samla finansiering frå infrastrukturordninga på over 2 mrd. kroner.

Komiteen som evaluerte infrastrukturordninga i 2021 konkluderte med at ordninga er ein suksess, med stor og aukande positiv innverknad på forskingssystemet. Komiteen tilrådde å vidareføre ordninga som den viktigaste mekanismen for å støtte investeringar i nasjonal forskingsinfrastruktur og norske nodar i internasjonale forskingsinfrastrukturar, men hadde også ein del tilrådingar for forbetringar som Forskingsrådet har følgt opp i 2022. Forskingsrådet la i juni 2023 fram eit nytt vegkart for norsk forskingsinfrastruktur som synleggjer behov for oppdatering av forskingsinfrastruktur i Noreg i åra framover. Vegkartet greier ut om det strategiske grunnlaget for Forskingsrådets infrastruktursatsing og vil vere sentralt i å velje ut prosjekt i framtidige tildelingar. Vegkartet blir utarbeidd ved hjelp av faglege innspel frå institusjonane og tematiske workshopar.

Dei nasjonale forskingsinfrastrukturane har eit stort potensial for å delta i felleseuropeiske søknader til Horisont Europa. Forskingsrådet etablerte ei ny referansegruppe for programmet for forskingsinfrastrukturar (RI-programmet) i 2022. Referansegruppene skal bidra til at norske aktørar får betre informasjon om utlysingar og satsingar i EUs rammeprogram.

Post 55 Verksemdskostnader

Løyvinga omfattar midlar til drift av Forskingsrådet. Utgifter til å lyse ut forskingsmidlar, evaluere søknader, utvikle porteføljeplanar og så vidare blir i hovudsak finansierte over denne posten. Det same gjeld utgifter til Forskingsrådets arbeid med rådgiving, møteplassfunksjon og særskild tenesteyting for alle departementa som løyver forskingsmidlar gjennom Forskingsrådet. Nasjonale fag-, tema- og institusjonsevalueringar blir finansierte gjennom FoU-løyvingane frå det einskilde departementet.

Mål for 2024

  • Auka vitskapleg kvalitet

  • Auka verdiskaping i næringslivet

  • Handtere store samfunnsutfordringar

  • Eit velfungerande forskingssystem

  • God rådgiving

Resultat i 2022

Forskingsrådet starta i 2021 eit arbeid med å omorganisere verksemda. Frå og med 1. september 2022 var ny organisering på plass. Den nye organiseringa har ei mindre toppleiargruppe og skal bidra til betre måloppnåing for organisasjonen. I 2022 starta også ein prosess for å effektivisere verksemda og redusere bemanninga. Parallelt med nedbemanninga har Forskingsrådet gjennomført ei større omlegging av tilskots, rådgivings- og dialogverksemda som mellom anna skal forenkle og effektivisere arbeidet med utlysingar, søknadsbehandling og prosjektoppfølging. Forskingsrådet har òg teke ned kostnadene til konsulent- og byråbruk når det gjeld kommunikasjon.

Forskingsrådet har i løpet av året utvikla nye porteføljeplanar for alle porteføljane og arbeidd vidare med porteføljeanalysar. På oppdrag for Forskingsrådet har Menon Economics gjennomført ei undervegsevaluering av innføringa av porteføljestyring i Forskingsrådet. I 2022 kom det to rapporter som del av denne undervegsevalueringa. Rapportane vil bli brukte i det vidare arbeidet med å sikre ei formålstenleg gjennomføring av porteføljestyringa. Forskingsrådet har i 2022 sett i gang nye fagevalueringar av biovitskap og naturvitskap og teke initiativ til ein rapport om privat finansiering av forsking, utvikling og innovasjon i Noreg.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 766,9 mill. kroner på posten. Forslaget omfattar ein generell reduksjon i løyvinga til verksemdskostnadene på ytterlegare 42,1 mill. kroner frå 2023, som inneber at Forskingsrådet skal halde fram arbeidet med å vurdere og gjennomføre kostnadsreduserande tiltak i verksemda.

I samband med gjennomgangen av forskingssystemet tek regjeringa sikte på at Forskingsrådet frå og med 2025 skal vere bruttobudsjettert. I tillegg foreslår regjeringa i 2024 å legge om poststrukturen for midlar til forsking over budsjetta til dei ulike departementa. Omlegginga krev endringar i økonomiforvaltning og rekneskap. Forslaget omfattar derfor òg ei særskild løyving på 4 mill. kroner i 2024 for å redusere risikoen i omlegginga. Kunnskapsdepartementet tek sikte på tilsvarande ekstra løyving på 2 mill. kroner i 2025.

Av løyvinga på posten er 4 mill. kroner flytta frå kap. 285, post 51. Midlane skal nyttast til oppfølging av aktuelle forskingstiltak.

Verkemiddelaktørane har i 2023 arbeidd vidare med eit felles oppdrag om grøn prosjektklassifisering og rapportering, med sikte på implementering og oppstart frå 1. januar 2024. Departementet foreslår å overføre 3,4 mill. kroner frå Nærings- og fiskeridepartementets budsjett til kap. 285, post 55 for dette oppdraget.

I 2023 auka bidraget frå Olje- og energidepartementet til arbeidet i Forskingsrådet med Energi21-strategien. Bidraget skal halde fram, og departementet foreslår å overføre 1 mill. kroner frå Olje- og energidepartementets budsjett til kap. 285, post 55.

Justis- og beredskapsdepartementet har i 2023 gitt Nasjonalt tryggingsorgan og Noregs forskingsråd i oppdrag å vere det nasjonale koordineringssenteret for cybertryggleik for heile programperioden til Digital Europe Programme (DIGITAL) 2021–2027. Departementet foreslår å overføre 1,2 mill. kroner frå Justis- og beredskapsdepartementets budsjett til kap. 285, post 55.

Klima- og miljødepartementet har gitt Forskingsrådet eit oppdrag om å gjennomføre ei naturvitskapleg fagfellevurdering av fagsystemet for økologisk tilstand i 2023 og 2024. Departementet foreslår å overføre 1 mill. kroner frå Klima- og miljødepartementets budsjett til kap. 285, post 55 i 2024.

I statsbudsjettet 2023 blei det overført 1,5 mill. kroner frå Klima- og miljødepartementet til Forskingsrådet til oppfølging av Mission Innovation Zero-Emission Shipping. Bidraget auka med ytterlegare 1,5 mill. kroner i revidert nasjonalbudsjett 2023, til 3 mill. kroner totalt. Bidraget skal halde fram, og departementet foreslår å overføre 1,5 mill. kroner frå Klima- og miljødepartementets budsjett til kap. 285, post 55 i 2024.

Kap. 286 Regionale forskingsfond

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

60

Regionale forskingsfond, tilskot til forsking

159 012

122 087

Sum kap. 286

159 012

122 087

Post 60 Regionale forskingsfond, tilskot til forsking

Dei regionale forskingsfonda (RFF) har som formål å styrke forskingsevna i regionane gjennom tilskot til forsking og innovasjon og gjennom mobilisering av regionale aktørar til auka FoU-innsats. Fonda skal medverke til at private og offentlege verksemder oppnår auka kompetanse, innovasjonsevne og verdiskaping. Fonda skal vidare mobilisere bedrifter og offentlege verksemder til å delta i nasjonal og internasjonal forsking. RFF-ordninga blei oppretta i 2009, og utbetalingane tok til i 2010.

Resultat i 2022

Dei regionale forskingsfonda har gitt fylkeskommunane høve til å prioritere forskingsinnsatsen sin ut frå dei føresetnadene og fortrinna regionen har. Kunnskapsdepartementet har i tråd med den fastsette fordelingsnøkkelen fordelt tilskotet til fylkeskommunane som lyser ut og tildeler forskingsmidlane i lys av regionale kunnskaps- og FoU-behov definert av fylkeskommunane sjølve.

Frå 2010 til og med 2023 er om lag 2,8 mrd. kroner løyvd til dei regionale fonda. Vel 55 pst. av dei samla tildelingane har gått til næringslivet. Resten av midlane fordeler seg nokså likt mellom forskingsorganisasjonar (universitet, høgskular, forskingsinstitutt) og andre, offentlege verksemder. Dei siste åra er mest midlar tildelte forskingsfelta miljø, marin og helse.

RFF-finansierte prosjekt har i mange høve ført til nye prosjekt både nasjonalt og internasjonalt. Søknadstypen kvalifiseringsprosjekt har dekt eit viktig behov ved å tilby finansiering av innleiande og avklarande forskingsarbeid. Ordninga med regional kvalifiseringsstøtte har for dei fleste fagområda vore unik i norsk samanheng. Denne støtta har tilfredsstilt eit behov som korkje Forskingsrådet eller andre delar av verkemiddelapparatet har møtt.

Budsjettforslag for 2024

Kunnskapsdepartementet foreslår å avvikle løyvinga til dei regionale forskingsfonda i 2024. Det er sett av midlar til å dekke kostnader ved avvikling av dei regionale forskingsfonda på kap. 275, post 21. I tillegg er midlar som blir sparte inn ved å avvikle RFF, i hovudsak foreslått omprioriterte til å opprette eit forskingsprogram i Forskingsrådet for dei kommunale helse- og omsorgstenestene, og til Kommunane sitt strategiske forskingsorgan (KSF), jf. omtale i høvesvis kap. 285, post 51 og kap. 275, post 21.

Kap. 287 Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

57

Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

228 426

234 990

70

Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

245 303

Sum kap. 287

228 426

234 990

245 303

Post 70 Grunnløyving til samfunnsvitskaplege forskingsinstitutt

Kunnskapsdepartementet har det overordna ansvaret for politikken for forskingsinstitutta. Klima- og miljødepartementet, Kunnskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet har i tråd med sektorprinsippet for forsking ansvaret for grunnløyvinga til dei 32 forskingsinstitutta som mottek statleg grunnløyving. Kunnskapsdepartementet står for grunnløyvinga til dei 17 samfunnsvitskaplege forskingsinstitutta. Dei driv i hovudsak forsking på felta arbeidsliv, velferd, energi og miljø, globale utviklingsutfordringar, helse, migrasjon, offentleg økonomi, regional utvikling, sosialpolitikk, utanriks- og tryggingspolitikk og utdanning og innovasjon. Alle institutta har ein tverrfagleg profil. Departementet foreslår, som ein del av forslaget om ein ny, forenkla poststruktur for løyvingar til Noregs forskingsråd, at posten blir endra frå ein 50-post til ein 70-post frå 2024.

Mål for 2024

Målet med løyvinga er at Noreg skal ha ein sterk samfunnsvitskapleg instituttsektor som tilbyr næringsliv og offentleg sektor relevant kompetanse og forskingstenester av høg internasjonal kvalitet. Til liks med andre institutt som får statleg grunnløyving, skal dei samfunnsvitskaplege institutta bidra til berekraftig utvikling og omstilling i nærings- og samfunnslivet.

Resultat i 2022

Driftsinntektene til dei 17 samfunnsvitskaplege institutta var i underkant av 1,8 mrd. kroner i 2022.

Grunnløyvinga til desse institutta utgjorde om lag 16 pst. av driftsinntektene deira, det same talet som i 2020 og i 2021. Talet på forskarårsverk har auka jamt frå 720 årsverk i 2018 til 837 årsverk i 2022. Kvinner stod for 53 pst. av forskarårsverka i 2022. Av instituttgruppene med statleg grunnløyving hadde dei samfunnsvitskapelege institutta i 2022 høgast vitskapleg publisering per forskarårsverk.

Tabell 4.28 Grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta

(1000 kr)

Grunnløyving 20221

Pst. endring 2020–22 (nominell)

Chr. Michelsens Institutt (CMI)

19 048

3

Forskningsstiftelsen Fafo

23 974

4

Fridtjof Nansens Institutt (FNI)

8 669

2

Institutt for fredsforskning (PRIO)

23 005

5

Institutt for samfunnsforskning (ISF)

13 596

6

Møreforsking AS

8 098

10

NORCE Norwegian Research Centre AS, samfunnsvitskapleg aktivitet

34 312

2

Nordisk institutt for studier av innovasjon, forskning og utdanning (NIFU)

17 761

5

Nordlandsforskning AS

5 853

10

Norsk institutt for bærekraftsforskning AS (NORSUS)

6 091

11

Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI)

16 846

–1

NTNU Samfunnsforskning AS

13 835

6

Samfunns- og næringslivsforskning AS (SNF)

8 223

3

Stiftelsen Frischsenteret for samfunnsøkonomisk forskning

4 137

17

Stiftelsen SINTEF, samfunnsvitskapleg aktivitet

26 814

26

Telemarksforsking

7 310

11

Vestlandsforsking

4 954

2

Totalsum

242 526

4,7

1 I tillegg kjem 14,8 mill. kroner i Retur-EU-midlar.

Kjelde: Noregs forskingsråd

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 245,3 mill. kroner på posten. I tillegg kjem grunnløyvinga til Chr. Michelsens Institutt på 21,1 mill. kroner. Denne løyvinga blir gitt over kap. 161, post 71 på budsjettet til Utanriksdepartementet. 5,4 mill. kroner av løyvinga på posten gjeld Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Nordapt) ved Vestlandsforsking i Sogndal.

10 pst. av grunnløyvinga til dei samfunnsvitskaplege institutta skal fordelast mellom institutta etter oppnådde resultat på dei indikatorane som er fastsette i retningslinjene for grunnløyving til forskingsinstitutt og forskingskonsern.

Institutta skal nytte grunnløyvinga til langsiktig kunnskaps- og kompetanseoppbygging. Løyvinga skal mellom anna stimulere den vitskaplege kvaliteten til institutta, publisering og internasjonalisering og samarbeid. Innanfor desse rammene avgjer institutta sjølve bruken av grunnløyvinga, og i årsrapportane deira gjer dei greie for korleis midlane er nytta.

Kap. 288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

21

Særskilde driftsutgifter

39 636

48 317

10 322

72

Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

313 307

312 386

391 034

73

EUs rammeprogram for forsking og innovasjon

3 216 775

3 657 681

5 046 781

74

EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett

824 875

972 334

1 564 078

75

UNESCO-kontingent

20 599

21 057

26 374

76

UNESCO-formål

4 350

4 481

4 778

Sum kap. 288

4 419 542

5 016 256

7 043 367

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga går til internasjonalt samarbeid for å heve kvaliteten nasjonalt innanfor ansvarsområda til departementet, inkludert bilateralt samarbeid med prioriterte land. Løyvinga dekker mellom anna kontingenten til Senter for utdanningsforsking (CERI) og Global Science Forum under OECD. Mindre delar vil òg kunne nyttast til Noregs hus i Cité Internationale Universitaire de Paris (CIUP) og prosjekt i regi av Europarådet og UNESCO.

Mål for 2024

Noreg deltek aktivt i internasjonalt samarbeid innanfor utdanning og forsking, og det er gode koplingar mellom forsking og høgare utdanning i arbeidet.

Resultat i 2022

Hovuddelen av løyvinga har i 2022 vore nytta til samarbeidsprogrammet INTPART – Internasjonale partnarskapar for framifrå utdanning, forsking og innovasjon. INTPART er eit av hovudtiltaka for å følge opp Panorama – strategi for høyere utdannings- og forskningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA (2021–2027). Ordninga bidreg til etablering, bygging og vidareutvikling av strategiske partnarskapar av framifrå kvalitet gjennom støtte til koplingar mellom høgare utdanning, forsking og innovasjon. INTPART blir forvalta av Noregs forskingsråd i samarbeid med Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Ordninga lanserte den sjuande utlysinga si i 2021 og tildelte 70 mill. kroner til sju nye prosjekt i november 2022. Ein del av løyvinga har i 2022 gått til Europarådets prosjekt The European Qualifications Passport for Refugees. Det blei òg gitt ei løyving på 1,5 mill. kroner til UNESCOs mellomstatlege havforskingskommisjon (IOC). Løyvinga er støtte til havforskingskommisjonens koordinering av FNs havforskingstiår (2021–30). Tiåret bidreg til auka havkompetanse både nasjonalt og internasjonalt, og norske forskingsmiljø deltek aktivt.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår ei samla løyving på posten på 10,3 mill. kroner for 2024. Midlane på posten skal mellom anna gå til særskilde prosjekt i internasjonale organisasjonar, til dømes i UNESCO og Europarådet, som er særleg retta mot å nå Noregs mål for internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid, mellom anna bidrag til å oppnå FNs berekraftsmål 4 om god utdanning til alle. I 2024 vil delar av løyvinga gå til UNESCOs Intergovernmental Oceanographic Commission. Deler av løyvinga skal også dekke kontingenten til dei internasjonale organisasjonane CIMPA, EQAR og Global Science Forum. I 2024 vil delar av løyvinga gå til arbeidet med å kartlegge sensitive fagområde og strategisk viktige teknologiar, som inngår i departementets arbeid med å legge til rette for ansvarleg internasjonalt samarbeid innan høgare utdanning og forsking. Løyvinga på posten går også til finansieringa av teknologi- og kunnskapsutsendingar ved Innovasjon Noregs kontor i New Delhi, Rio de Janeiro og Tokyo.

I tråd med forslaget om ny poststruktur for Forskingsrådet, jf. omtale i kap. 285, foreslår Kunnskapsdepartementet å flytte 41,1 mill. kroner frå kap. 288, post 21 til kap. 285, post 51. Midlane skal gå til samarbeidsprogrammet INTPART.

Post 72 Internasjonale grunnforskingsorganisasjonar

Løyvinga dekker norsk deltaking i Den europeiske organisasjonen for kjerneforsking (CERN), Det europeiske molekylærbiologiske laboratoriet (EMBL), Den europeiske konferansen for molekylærbiologi (EMBC), Det europeiske synkrotronstråleanlegget (ESRF) og Den internasjonale kreftforskingsorganisasjonen (IARC).

Mål for 2024

Medlemskapen i internasjonale grunnforskingsorganisasjonar skal medverke til global kunnskapsutvikling og til å nå overordna forskingspolitiske mål om høg kvalitet og internasjonalisering.

Resultat i 2022

Alle dei internasjonale grunnforskingsorganisasjonane Noreg deltek i, medverkar til global kunnskapsutvikling og driv verdsleiande forsking innanfor fagfelta sine. Medlemskapen i organisasjonane gjer det mogleg for norske forskarar å delta på linje med forskarar frå andre medlemsland og bidra til global kunnskapsutvikling og forsking av høg kvalitet.

Forskarane får kjennskap til ny teknologi og tilgang til ei rekke infrastrukturtenester og held seg oppdaterte om og bidreg i forskingsfronten. Gjennom kurs og opplæring ved grunnforskingsorganisasjonane hentar norske forskarar heim kunnskap til nytte for det norske forskingsmiljøet. Medlemskap i desse organisasjonane bidreg òg til å utvikle det felleseuropeiske forskingsområdet. Noreg har delegatar som sit i dei styrande organa til organisasjonane.

Ved CERN studerer forskarane dei minste byggesteinane i universet og kreftene som held dei saman, i den avanserte partikkelakseleratoren Large Hadron Collider (LHC). I 2022 oppnådde CERN protonstrålar med den høgaste energien nokosinne. Gjennom det norske CERN-senteret NorCC bidrog over 100 norske forskarar og studentar med nyutvikla partikkel- og strålingsdetektorar som no er integrerte i eksperimenta ATLAS og ALICE ved LHC. Dei bidrog òg med utvikling av kunstig intelligens til analysane og utvikling av teori kopla til eksperimenta. I 2023 opnar CERN eit nytt besøkssenter fullt av pedagogiske eksperiment for fysikk og teknologi som vil vere inspirerande for dei over 1000 norske elevane frå vidaregåande skule som besøker CERN årleg.

EMBL og underavdelinga European Bioinformatics Institute har etablert løysingar for kontrollert og sikker deling av humane genomiske data og koordinerer no fleire europeiske initiativ som gjer det mogleg for prosjekt i medlemslanda å bruke desse dataa på ein betre måte. Noreg er aktivt med i dette samarbeidet. EMBL er også sentral i Earth Biogenome Project. Dette prosjektet kan mellom anna medverke til betre forvalting av biologisk mangfald i tråd med FNs naturavtale.

ESRF markerte i 2022 to år med vellykka drift etter bygginga av den nye maskinen som gir meir enn 100 gongar betre kvalitet på synkrotronstrålen enn tidlegare. ESRF verkar som eit «supermikroskop» som kan filme plasseringa av og rørslene til atom i faste og levande materiale innanfor mange fagfelt, som kjemi, materialfysikk, arkeologi og kulturarv, biologi, medisin, miljøvitskap med fleire. Kvart år mottek ESRF 9000 vitskaplege besøk, og det blir publisert 2000 vitskaplege artiklar basert på resultata frå ESRF.

IARC er WHOs spesialiserte kreftforskingsinstitutt med fokus på førebygging. IARC har nyleg produsert forsking som viser at ein einskild spesialutvikla HPV-vaksinedose verkar like beskyttande som tre dosar. Dette gjer det mogleg å beskytte langt fleire mot livmorhalskreft og andre skadelege effektar av HPV-viruset. Dette vil vere særleg viktig for låg- og middelsinntektsland. I India er det berekna at ein vil kunne førebygge opp til ein mill. tilfelle av livmorhalskreft blant jenter som no er under 10 år.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 391 mill. kroner på posten. Kontingentane for dei einskilde medlemslanda blir fastsette ut frå ein avtalefesta utrekningsnøkkel der bruttonasjonalproduktet eller liknande er ein hovudfaktor. Kontingentkrava for 2024 er enno ikkje fastsette for alle organisasjonane. Budsjettforslaget for 2024 tek for dei fleste organisasjonane derfor utgangspunkt i dei kontingentane som blei vedtekne for 2023.

Tabell 4.29 Norske kontingentbidrag til internasjonale grunnforskingsorganisasjonar i 2024

Organisasjon

Kontingent i lokal valuta (i 1000)

1 000 kr

CHF

Euro

CERN

26 294

323 327

EMBC

647

7 739

EMBL

3 185

38 112

ESRF

1 068

12 777

IARC

759

9 078

Forslag til løyving på kap. 288, post 72

391 034

Post 73 EUs rammeprogram for forsking og innovasjon

Løyvinga dekker Noregs kontingent til deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa (2021–27), og midlar til EUs tiltakspakke for gjenoppbygging etter covid-19-pandemien, «Next Generation EU», som blir kanaliserte gjennom Horisont Europa. I tillegg dekker posten etterbetalingar for Horisont 2020 (2014–20).

Mål for 2024

Måla for løyvinga er

  • høg kvalitet i norsk forsking og fleire framifrå og innovative miljø

  • auka verdiskaping, styrkt konkurranse- og innovasjonsevne og bidrag til omstilling, at Noreg kan handtere store samfunnsutfordringar betre og bidra til å nå berekraftsmåla og ei berekraftig samfunnsutvikling

  • utvikling av forskings- og innovasjonspolitikken

  • nye samarbeidsmønster på tvers av landegrenser, sektorar og fag

Resultat i 2022

Norske forskings- og innovasjonsmiljø, næringsliv og offentlege verksemder og helseføretak har totalt henta heim om lag 3,35 pst. av dei konkurranseutsette midlane i Horisont Europa til og med desember 2022, førebels godt over ambisjonsnivået på 2,8 pst. for heile programperioden. Omrekna til norske kroner utgjer dette om lag 4,9 mrd. kroner. Samla sett gir dette norske prosjektdeltakarar tilgang til prosjektmidlar til ein total verdi av 35 mrd. kroner. Heile 23,6 pst. av alle søknadene med norsk deltaking er innstilte til finansiering i Horisont Europa. Denne suksessraten ligg 7,4 prosentpoeng over snittet for alle søknadene til Horisont Europa og viser høg kvalitet på søknader med norsk deltaking. Norske fagmiljø har ein særleg sterk returdel i EUs samfunnsoppdrag (missions) på sunne hav og vatn og klimanøytrale og smarte byar.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 5 mrd. kroner på posten. Løyvingsbehovet for Noregs bidrag i 2024 er basert på Europakommisjonens budsjett for 2024. Endra valutakurs og auka proporsjonalitetsfaktor gir store utslag og aukar løyvingsbehovet samanlikna med åra før.

Post 74 EUs utdannings-, opplærings-, ungdoms- og idrettsprogram

Løyvinga på posten dekker kontingenten for norsk deltaking i EUs program for utdanning, opplæring, ungdom og idrett, Erasmus+ (2021–27).

Resultat i 2022

Erasmus+ skal bidra til å løyse viktige samfunnsutfordringar som berekraftig utvikling, inkludering og digital omstilling, som er tverrgåande prioriteringar i alle tiltak.

Norske aktørar deltek i stor grad i fleire av dei nye flaggskipinitiativa i Erasmus+, til dømes Europeiske lærarakademi og Europeiske universitet. Dette er sentraliserte tiltak som blir forvalta av Europakommisjonen, og norske aktørar konkurrerer med resten av Europa om midlane. I Erasmus+ lærarakademi er det med ti norske aktørar, ti lærestadar er med i europeiske universitetsalliansar, og norske aktørar deltek i seks senter for framifrå fag- og yrkesopplæring.

Vidare er interessa for deltaking i læringsmobilitet stigande. Både grunnopplæringa og høgare utdanning har hatt gode mobilitetstal i 2022. I grunnopplæringa syner programstatistikken frå Erasmus+ at den internasjonale mobiliteten er på eit høgare nivå enn før pandemien, noko som bidreg til at ein er i rute med å nå måltala i Erasmus+-strategien. For høgare utdanning er mobilitetstala tilbake til nivået før pandemien.

Målet med den norske deltakinga i Erasmus+ er styrkt kvalitet, relevans og attraktivitet i det norske utdanningssystemet og høgare kompetanse hos den einskilde deltakaren. Deltakinga skal bidra til å handtere store samfunnsutfordringar, eit styrkt samarbeid mellom utdanning, opplæring og arbeids- og samfunnsliv, og at fleire deltek i eit internasjonalt læringsmiljø. Det skal vere eit bidrag til utviklinga av politikk og rammevilkår.

På bakgrunn av at Stortinget gav samtykke til å innlemme Europeisk senter for utvikling av yrkesretta opplæring (Cedefop) i EØS-avtalen, jf. Innst. 462 S (2022–2023) og Prop. 75 S (2022–2023), blir kontingenten flytta frå kap. 272, post 51 og 71 til kap. 288, post 74. Cedefops kontingent vil frå og med 2023 inngå som ein del av EFTA-sekretariatets utbetalingsbudsjett og følge same prosessar som mellom anna kontingenten for Erasmus+.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 1,6 mrd. kroner på posten. Løyvingsbehovet for Noregs bidrag i 2024 er basert på Europakommisjonens budsjett for 2024. Endra valutakurs og auka proporsjonalitetsfaktor gir store utslag og aukar løyvingsbehovet samanlikna med åra før.

Departementet foreslår å flytte 5,7 mill. kroner frå kap. 272, post 51 og 71 til kap. 288, post 74 for kontingenten til Europeisk senter for utvikling av yrkesretta opplæring (Cedefop).

Post 75 UNESCO-kontingent

Løyvinga dekker den norske kontingenten til UNESCO, FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. UNESCO har i hovudoppgåve å medverke til fred og tryggleik ved å fremje internasjonalt samarbeid på fagområda til organisasjonen.

Mål for 2024

Norsk deltaking i UNESCO skal medverke til at UNESCO arbeider for ei god gjennomføring av og tek ei leiarrolle i koordineringa av FNs berekraftsmål nr. 4 om utdanning. Deltakinga skal òg medverke til at UNESCO følger opp den globale konvensjonen for godkjenning av kvalifikasjonar i høgare utdanning, og at organisasjonen kan få eit betre kunnskapsgrunnlag for hav og klima, ikkje minst ved å ha ei leiande rolle i gjennomføringa av FN-tiåret for havforsking (2021–30). I tillegg skal UNESCO verne og styrke verdas kultur- og naturarv, styrke presse- og ytringsfridommen og arbeide for meir open tilgang til forskingsresultat. I dei styrande organa til UNESCO har Noreg som mål å styrke resultatrapporteringa, å betre samarbeidet med andre relevante FN-organisasjonar og å konsentrere innsatsen der organisasjonen har dei største fortrinna.

Resultat i 2022

Berekraftsmåla (SDG-ane) og Agenda 2030 er førande for arbeidet til UNESCO. UNESCO har hovudansvaret for SDG 4 – utdanningsmålet – i FN. UNESCO arbeider kontinuerleg med tiltak knytte til berekraftsmål nr. 4, sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning og fremje høve til livslang læring for alle. UNESCO arbeider aktivt og systematisk med å implementere ein global konvensjon for godkjenning av kvalifikasjonar innanfor høgare utdanning, som Noreg var den første staten til å ratifisere. Den globale godkjenningskonvensjonen tredde i kraft 5. mars 2023, etter å ha nådd kravet om 20 ratifiserande medlemsstatar i desember 2022. Den globale godkjenningskonvensjonen er det første globale normative dokumentet innanfor høgare utdanning frå UNESCO nokon gong.

Den mellomstatlege havforskingskommisjonen (IOC) leiar arbeidet med gjennomføring av FNs tiår for havforsking, der norske forskingsmiljø òg gir viktige bidrag. IOC har vidare gitt viktig kunnskap om samanhengen mellom tilstanden i hava og klimaendringar og kva havet har å seie for dei andre berekraftsmåla. Noreg var medlem av Verdsarvkomiteen i perioden 2017–21 og ei aktiv og tydeleg stemme for å verne om og fremje verdas kultur- og naturarv. Noreg følger opp UNESCOs arbeid og mandat for presse- og ytringsfridom. Saman med dei andre nordiske landa arbeider Noreg kontinuerleg med å gjere UNESCO meir effektivt og resultatorientert og med å få innført eit meir kjønnsnøytralt språk og meir straumlinjeforma vedtaksstrukturar i organisasjonen.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 26,4 mill. kroner til medlemskontingenten i UNESCO i 2024.

Post 76 UNESCO-formål

Løyvinga på posten går til tilskotsordninga til UNESCO-formål, som blir forvalta av Den norske UNESCO-kommisjonen. UNESCO-kommisjonen er eit rådgivande organ for norske styresmakter og fungerer som eit bindeledd mellom styresmaktene og fagmiljø på ansvarsområda til UNESCO. Drifta av UNESCO-kommisjonen blir finansiert over kap. 200, post 21.

Mål for 2024

Tilskotsordninga skal styrke arbeidet og ansvarsområda til UNESCO, gjere UNESCO meir kjend i Noreg og understøtte dei vedtekne satsingsområda til Den norske UNESCO-kommisjonen.

Resultat i 2022

20 ulike prosjekt fekk støtte frå tilskotsordninga.

Prosjekta låg innanfor satsingsområda til Den norske UNESCO-kommisjonen: presse- og ytringsfridom, berekraftig utvikling, immateriell kulturarv, verdsarv og dokumentarv og demokratiutvikling. Prosjekta er spreidde ut i Noreg, og ordninga har dermed medverka til å gjere ansvarsområda til UNESCO meir kjende i fleire delar av landet.

Ein del av løyvinga gjekk i 2022 til å sikre vidare støtte til UNESCOs skulenettverk, Associated School Program Network (ASPnet). ASPnet er eit globalt nettverk av meir enn 12 000 utdanningsinstitusjonar i 182 land som arbeider for å fremje verdiane og måla til UNESCO, mellom anna delmål 4.7 i Agenda 2030 om utdanning for å fremje berekraftig utvikling. I 2022 var det 38 medlemsskular i Noreg. FN-sambandet er nasjonal koordinator for ASPnet i Noreg.

Budsjettforslag for 2024

Kunnskapsdepartementet foreslår å løyve 4,8 mill. kroner på posten. Dette inkluderer ei særskild løyving på 700 000 kroner til UNESCOs skulenettverk ASPnet.

Kap. 3288 Internasjonale samarbeidstiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

16 171

16 414

31 037

Sum kap. 3288

16 171

16 414

31 037

Løyvinga på post 04 gjeld refusjon av utgifter til UNESCO-kontingenten og kontingenten til FNs samarbeidsorganisasjon mot kreft (IARC), som etter statistikkdirektiva til OECD delvis blir definert som offentleg utviklingshjelp.

Kap. 289 Vitskaplege prisar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

51

Holbergprisen

17 492

17 474

18 633

71

Abelprisen

17 011

16 968

18 093

72

Kavliprisen

11 635

11 605

12 375

Sum kap. 289

46 138

46 047

49 101

Dei internasjonale forskingsprisane til regjeringa blir delte ut for å anerkjenne framifrå vitskapleg arbeid og auke merksemda kring forsking i samfunnet.

Post 51 Holbergprisen

Mål for 2024

Formålet med Holbergprisen er å verdsetje banebrytande forsking innanfor humaniora, samfunnsvitskap, jus og teologi. Prisen skal skape merksemd i samfunnet om fagfelta og føre til interesse for dei blant barn og unge.

Resultat i 2022

I 2022 fekk professor Sheila Sen Jasanoff ved John F. Kennedy School of Government, Harvard University, i USA, Holbergprisen for framifrå forsking innanfor vitskaps- og teknologistudiar. Holbergprisen blir delt ut årleg av Universitetet i Bergen. Prisen er på 6 mill. kroner. I samband med Holbergprisen blir også Nils Klim-prisen delt ut. Nils Klim-prisen er ein pris til framifrå yngre forskarar i eller frå Norden innanfor dei same fagfelta som Holbergprisen omfattar. I 2022 gjekk prisen til den finske teologen Elisa Uusimäki, Afdeling for Teologi, Institut for Kultur og Samfund ved Aarhus Universitet, for forskinga hennar om litteratur og kultur i den antikke jødedommen. Prisen er på 500 000 kroner. I tillegg til å dekke prisbeløpet til vinnarane blir løyvinga nytta til ulike arrangement i samband med priskomitéarbeidet og prisutdelinga og til aktivitetar som skal auke interessa for fagfelta blant barn og unge og i samfunnet elles. Holbergprisen i skulen er ein nasjonal forskarkonkurranse for elevar i vidaregåande skule innanfor humanistiske og samfunnsvitskaplege fag. Kvart år deltek 20 skular med omkring 1 000 elevar frå heile landet. I 2022 var det Elise Harwiss frå Elvebakken vidaregåande skule i Oslo som vann Holbergprisen i skulen.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 18,6 mill. kroner på posten.

Post 71 Abelprisen

Mål for 2024

Formålet med Abelprisen er å verdsetje banebrytande forsking innanfor matematikk. Prisen skal skape merksemd i samfunnet og auke interessa for matematikk blant barn og unge.

Resultat i 2022

I 2022 blei Abelprisen delt ut til Dennis Parnell Sullivan frå Stony Brook University og The Graduate School and University Center of the City University of New York i USA, for banebrytande bidrag til topologien, som er eit område innanfor matematikken der idear om geometriske strukturar speler ei sentral rolle. Abelprisen blir delt ut årleg av Det Norske Videnskaps-Akademi (DNVA) og er på 7,5 mill. kroner. Løyvinga dekker prisbeløpet og fleire arrangement i samband med prisutdelinga og priskomitéarbeidet. Gjennom Abelprisen finansierer DNVA ei rekke tiltak som skal stimulere interessa for matematikk blant barn og unge. I 2022 nådde dei ei brei målgruppe frå grunnskule til vidaregåande skule og lærarar, gjennom støtte til mellom anna frivillige studentorganisasjonar, formidlingsprosjekt og den internasjonale matematikkolympiaden som blei arrangert i Oslo i juni 2022. I tillegg støttar DNVA mellom anna Abelkonkurransen for elevar i vidaregåande skule, Unge Abel lagkonkurranse for ungdomstrinnet, og Holmboeprisen, som årleg blir delt ut til éin eller fleire matematikklærarar.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 18,1 mill. kroner på posten.

Post 72 Kavliprisen

Mål for 2024

Formålet med Kavliprisen er å anerkjenne banebrytande fo rsking innanfor astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. Prisen skal skape merksemd i samfunnet om fagfelta og føre til internasjonalt samarbeid mellom forskarar.

Resultat i 2022

Kavliprisen er eit samarbeid mellom Det Norske Videnskaps-Akademi, The Kavli Foundation og Kunnskapsdepartementet. Kavliprisen blir delt ut annakvart år for framifrå vitskapleg arbeid innanfor fagfelta astrofysikk, nanovitskap og nevrovitskap. I 2022 gjekk prisen for astrofysikk til Conny Aerts (Belgia), Jørgen Christensen-Dalsgaard (Danmark) og Roger Ulrich (USA) for å ha utvikla eit heilt forskingsfelt innanfor sol- og stjerneforsking (helio- og asteroseismologi). Forskinga deira har gjort at vi forstår betre kva som skjer på innsida av sola og stjernene. Prisen for nanovitskap gjekk til David L. Allara (USA), Ralph G. Nuzzo (USA), Jacob Sagiv (Israel og Romania) og George Whitesides (USA). Forskinga deira ligg bak overflateteknologien som i dag blir brukt i nær sagt alle delar av kvardagslivet vårt, frå solceller, batteri og skrivarblekk til covid- og graviditetstestar. Prisen for nevrovitskap gjekk til Jean-Louis Mandel (Frankrike), Harry T. Orr (USA), Christopher A. Walsh (USA) og Huda Y. Zoghbi (USA og Libanon). Over tid har arbeidet deira med genkartlegging gitt auka kunnskap om genetikken bak ei rekke alvorlege hjernelidingar.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 12,4 mill. kroner på posten.

Programkategori 07.80 Utdanningsstøtte

Utgifter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

2410

Statens lånekasse for utdanning

50 673 213

55 761 937

56 970 243

2,2

Sum kategori 07.80

50 673 213

55 761 937

56 970 243

2,2

Inntekter under programkategori 07.80 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Endring i pst.

5310

Statens lånekasse for utdanning

20 050 235

21 421 541

22 353 761

4,4

5617

Renter frå Statens lånekasse for utdanning

4 290 537

9 714 332

10 363 860

6,7

Sum kategori 07.80

24 340 772

31 135 873

32 717 621

5,1

Innleiing

Utdanningsstøtteordninga er ei velferdsordning som skal medverke til at alle har eit godt grunnlag for livsopphald under utdanninga, uavhengig av bustad, alder, kjønn, funksjonsevne og sosiale og økonomiske tilhøve. Utdanningsstøtta skal òg legge til rette for at elevar og studentar kan arbeide effektivt og med gode resultat, slik at samfunnet og arbeidslivet får tilgang på kompetanse.

Fleirtalet av studentane og elevane nyttar utdanningsstøtteordningane gjennom Lånekassen. Studieåret 2022–23 fekk 428 000 elevar, lærlingar og studentar utdanningsstøtte. Figur 4.4 viser at nær 70 pst. av utdanningsstøtta blir tildelt studentar ved universitet og høgskular i Noreg. Nivået på utdanningsstøtta i Noreg er i internasjonal samanheng god. Samanlikna med andre europeiske land har studentane i Noreg ein høgare del av inntekta si frå offentleg støtte. Studentar i Noreg er dei som er minst avhengige av bidrag frå familien, jf. Eurostudent VII. Norske studentar i utlandet har også gode utdanningsstøtteordningar, jf. Meld. St. 7 (2020–2021) En verden av muligheter – Internasjonal studentmobilitet i høyere utdanning. Sjølv om utdanningsstøtteordningane er gode, har den høge prisveksten dei siste åra påverka studentøkonomien, slik situasjonen også har påverka økonomien til andre grupper i samfunnet.

Figur 4.4 Utbetalt lån og stipend, prosentdel per utdanningskategori for studieåret 2022–23

Figur 4.4 Utbetalt lån og stipend, prosentdel per utdanningskategori for studieåret 2022–23

Kjelde: Lånekassen

Lånekassen har sidan etableringa medverka til at høgare utdanning har vore tilgjengeleg for alle samfunnslag. I dag er 1,2 mill. nordmenn kundar i Lånekassen, nær 22 pst. av befolkninga. Om lag 0,8 mill. av kundane betaler tilbake på studielånet. Sidan etableringa i 1947 er det utbetalt til saman 1 040 mrd. kroner med dagens kroneverdi. Lånekassen har gjennom fleire år arbeidd for å utvikle enkle og brukarvennlege tenester for alle. Lånekassen har høg grad av maskinell behandling og er ei røynd IT-verksemd som på ein god måte handterer endringar i utdanningsstøtteordningane og ein stor kundemasse.

Følgande overordna mål for Kunnskapsdepartementet er særleg relevante for løyvingane under programkategori 07.80:

  • Kunnskap legg grunnlag for demokrati, velferd, omstilling og berekraft

  • Samfunnet og arbeidslivet har tilgang på relevant kompetanse

  • Kunnskapssektoren utjamnar sosiale og geografiske skilnader

  • Kompetanseheving og livslang læring er meir tilgjengeleg for alle over heile landet

  • Opplæring og utdanning som gir fleire relevant kvalifisering

Hovudprioriteringar for 2024

Regjeringa vil at det skal vere betre samsvar mellom utstyrsstipendet frå Lånekassen og utgiftene elevar i vidaregåande opplæring har til nødvendig utstyr i opplæringa. For å redusere kostnaden for den einskilde foreslår regjeringa å styrke utstyrsstipendet med 40 mill. kroner i 2024. Satsinga har ein heilårseffekt på 40,9 mill. kroner i 2025 og inneber ein auke på 9,5 pst. utover forventa prisvekst for 2024.

Mange ungdommar i distrikta må flytte heimanfrå for å få den vidaregåande opplæringa dei ønsker seg. Når ungdommane bur borte, får familien auka utgifter til livsopphald. For å bidra til at geografi og privatøkonomi ikkje skal vere eit hinder for at unge får den opplæringa dei ønsker seg, foreslår regjeringa å styrke bortebuarstipendet med 60 mill. kroner i 2024. Satsinga har ein heilårseffekt på 120 mill. kroner i 2025 og inneber ein auke på 10 pst. utover forventa prisvekst for 2024. Med denne auken vil stipendet frå hausten 2024 vere på 6 677 kroner i månaden.

Dei siste åra er det gjennomført fleire endringar i utdanningsstøtteordningane som vil gi større fleksibilitet og betre vilkår for vaksne som tek utdanning. Regjeringa vil i 2024 halde fram arbeidet med å gjere Lånekassen betre tilpassa vaksne som treng økonomisk støtte for å ta korte utdanningar. Korte vidareutdanningar gir i dag ikkje rett til utdanningsstøtte. Kunnskapsdepartementet vil derfor etablere ei ny utdanningsstøtteordning som inneber at kortare utdanningstilbod kan gi rett til lån. Frå våren 2025 skal vaksne i kort, modulisert høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning få tilgang til eit fleksibelt lån utan stipenddel, med løpande rente.

Regjeringa ønsker å auke delen av studentane som tek ein heil grad i utlandet etter at dei har fått støtte til lengre språkopplæring. Regjeringa foreslår derfor å gjeninnføre kravet om at ein må halde fram med utdanning etter gjennomført språkopplæring for å få omgjort lån til stipend. Regjeringa foreslår også å utvide ordninga for rekrutteringsstipend retta mot einskilde prioriterte samarbeidsland og å auke storleiken på stipendet.

Utdanningsstøtta blir justert etter forventa vekst i konsumprisindeksen (KPI). Justeringa skal bidra til å halde oppe kjøpekrafta til studentane. Regjeringa foreslår ein ny budsjettpraksis som framover vil bidra til at nivået på lån og stipend betre følger utviklinga i prisar på varer og tenester over tid.

Lånekassen er ei viktig finansieringskjelde til livsopphald

Like moglegheiter til utdanning

Utdanningsstøtta er ei viktig inntektskjelde for norske studentar og for elevar som treng støtte for å ta vidaregåande opplæring. Statistisk sentralbyrå har i 2021 undersøkt levekåra blant studentane. Ifølge Studenters levekår 2021 svarer meir enn åtte av ti heiltidsstudentar at dei får lån og stipend frå Lånekassen. For seks av ti heiltidsstudentar er Lånekassen hovudinntektskjelda deira. Utdanningsstøtteordningane fungerer godt for dei fleste elevane og studentane, og Noreg har i internasjonal samanheng svært gode ordningar for støtte til utdanning både i Noreg og utanfor landet. I takt med auken i talet på studentar ved universitet, høgskular og fagskular er det blitt fleire som får lån og stipend til utdanning.

Regjeringa ønsker å legge til rette for at studentane skal kunne gjennomføre utdanninga på normert tid. Då er mellom anna nivået på utdanningsstøtta viktig. Utdanningsstøtta blir justert etter forventa vekst i konsumprisindeksen (KPI). Justeringa skal bidra til å halde oppe kjøpekrafta til studentane. I 2022 og 2023 er prisveksten høgare enn normalt. I 2022 enda prisveksten på 5,8 pst. og i nasjonalbudsjettet for 2024 er forventa prisvekst for 2023 anslått til 6 pst. Høgare priser på varer og tenester reduserer kjøpekrafta til elevar og studentar.

Regjeringa meiner at arbeid ved sida av utdanninga kan gi studentar viktig arbeidserfaring. Utdanningsstøtteordningane er innretta slik at heiltidsutdanning kan kombinerast med noko arbeid. Fleirtalet av studentane arbeider ved sida av utdanninga og har arbeid som er relevant for utdanninga. Tid brukt på betalt arbeid har auka i 2021 og 2022, jf. Studiebarometeret til NOKUT frå 2022. Endringa kan kome av låg arbeidsløyse, som har gjort det enklare for studentane å få jobb. Samstundes kan høg prisvekst ha bidrege til at fleire har behov for å vere i arbeid. Ifølge Studenters levekår 2021 er det skilnader mellom kor mykje tid studentane bruker på studiar og arbeid, avhengig av kva by dei studerer i. Unge heiltidsstudentar i Stavanger bruker flest timar på betalt arbeid, med eit gjennomsnitt på 18 timar i veka. Studentar i Trondheim og Bergen arbeider i snitt minst ved sida av studia, med 12,5 timar i veka. I Oslo er snittet 15 timar i veka.

Lånekassen har hatt eit unntak frå inntektsgrensene for studentar som under covid-19-pandemien hadde inntekt frå arbeid i helse- og omsorgssektoren, i beredskapssektoren og i grunnopplæringa eller barnehage. I denne perioden har det vore ein auke i talet på timar brukte på betalt arbeid blant studentar som utdannar seg til desse sektorane, jf. Studiebarometeret (2022). Det kan tyde på at unntak frå inntektsgrensene i einskilde yrke har hatt utslag. Det er positivt at studentane har bidrege under pandemien.

Tabell 4.30 Hovudtal heiltidsstudentar i universitets- og høgskuleutdanning

Del studentar med jobb

66 pst.

Del studentar med arbeid fordi dei ønsker arbeidserfaring

34 pst.

Del studentar med arbeid som er relevant for utdanninga

58 pst.

Gjennomsnittleg tid brukt på betalt arbeid, alle studentar

9,4 timar i veka

Gjennomsnittleg tid brukt på betalt arbeid, studentar i arbeid

14,4 timar i veka

Kjelde: Studenters levekår 2021 og Studiebarometeret til NOKUT frå 2022

Oppretthalde kjøpekraft blant elevar og studentar

Regjeringa vil legge til rette for at studentane kan gjennomføre utdanninga på normert tid. Då er mellom anna nivået på utdanningsstøtta viktig. Utdanningsstøtta blir justert etter forventa vekst i konsumprisindeksen (KPI). Justeringa skal bidra til å halde oppe kjøpekrafta til studentane over tid.

Regjeringa har sett i verk ulike tiltak for å betre den økonomiske situasjonen for studentane. I 2022 kunne studentar og vaksne elevar i vidaregåande opplæring med dokumenterte utgifter til straum søke om særskilt stipend på totalt 4 500 kroner frå Lånekassen. Stipenda bidrog til å hjelpe mange studentar i ein periode då prisane steig meir enn venta, og kom i tillegg til den ordinære straumstøtteordninga til hushalda som også mange studentar blir omfatta av. For studieåret 2023–24 er i tillegg alle lån og stipend justerte med 7 pst. frå førre studieår. Dette svarer til ein auke på 9 000 kroner i basislån.

Regjeringa foreslår å endre budsjetteringspraksis for prisjustering av lån og stipend. Endringa skal bidra til at nivået på lån og stipend betre følger utviklinga i prisar på varer og tenester over tid. Satsane for studieåret 2024–25 baserer seg på vedteke budsjett for 2024 og forventa KPI for 2024, som vert fastsett hausten 2023. Forslaget inneber at dersom anslaget for prisvekst i 2024 har endra seg i august 2024, vil utdanningsstøttesatsane for komande budsjettår (studieåret 2025–26) bli justerte for å ta høgde for dette. Ein vil med andre ord justere nivået på lån og stipend etter meir oppdaterte anslag for prisvekst, men det vil ikkje slå inn før i komande studieår.

Auka utstyrsstipend for elevar

Utstyrsstipendet for elevar i vidaregåande opplæring skal bidra til at alle, uavhengig av økonomi, får lik rett til vidaregåande opplæring. Ein rapport frå Rambøll i 2019 viser at det er stor skilnad mellom kostnadene einskilde elevar har til utstyr, og utstyrsstipendet frå Lånekassen. Det gjeld særleg for dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Dette kan føre til at ikkje alle har råd til å ta yrkesfaglege utdanningsprogram. Det er uheldig for den einskilde eleven, men også for samfunnet, som treng fleire med yrkesfagleg kompetanse.

Regjeringa foreslår å auke utstyrsstipendet til elevar i vidaregåande opplæring med 9,5 pst. utover forventa prisvekst for 2024. Utgiftene elevane har til nødvendig utstyr i opplæringa, varierer frå utdanningsprogram til utdanningsprogram. Utdanningsprogramma er derfor fordelte på fem ulike stipendsatsar i ordninga. For elevar på yrkesfaglege utdanningsprogram som bygg- og anleggsteknikk, som har den høgaste stipendsatsen, vil utstyrsstipendet auke med 843 kroner for studieåret 2024–25. For til dømes idrettsfag er auken på 675 kroner, og for elektro og datateknologi er auken på 497 kroner. Regjeringa foreslår å løyve 40 mill. kroner til denne satsinga i 2024.

Demografiske utfordringar i Distrikts-Noreg

Delar av Distrikts-Noreg står overfor store demografiske utfordringar i åra som kjem, jf. NOU 2020: 15 Det handler om Norge. Kombinasjonen av nedgang i folketalet, ei aldrande befolkning og spreidd busetnad vil gjere det krevjande å halde oppe gode velferdstenester i delar av landet. Ein del av utfordringa er mangel på kompetent arbeidskraft til å dekke behova til både privat og offentleg sektor.

Det å få fleire til å fullføre vidaregåande opplæring i distrikta vil vere avgjerande for å sikre at folk kan halde fram med å bu i heile landet. I delar av Noreg er det så store avstandar eller lang reisetid at elevar i vidaregåande opplæring må bu på hybel for å få vidaregåande opplæring. Det er heller ikkje elevgrunnlag til å kunne tilby alle utdanningsprogram ved alle vidaregåande skular i landet.

Den einskilde familien har fostringsplikt for eigne barn til dei er 18 år eller ferdige med vanleg vidaregåande opplæring. Hushald med elevar som ikkje kan bu heime, har høgare utgifter enn andre. Bortebuande elevar må til dømes betale for husrom og mat. Elevar har i mindre grad enn studentar høve til å arbeide ved sida av opplæringa. Elevar som må flytte heimanfrå, kan derfor søke om bortebuarstipend i Lånekassen. For skuleåret 2023–24 er stipendet på 5 848 kroner i månaden.

Det å flytte heimanfrå i ung alder er i seg sjølv vanskeleg for mange. Dersom den økonomiske børa i tillegg blir for stor, kan det føre til at somme ikkje kan velje det utdanningsprogrammet dei ønsker. Det kan igjen gjere det vanskelegare å fullføre vidaregåande opplæring. På sikt vil dårlege moglegheiter til å ta vidaregåande opplæring gjere det mindre attraktivt å bu i distrikta.

Auka bortebuarstipend for elevar

Bortebuarstipendet skal bidra til å dekke buutgiftene ein familie får når ein elev må bu vekke for å ta vidaregåande opplæring. Stipendet er viktig for dei som får opplæring langt unna heimstaden, særleg i distrikta. Regjeringa foreslår å styrke bortebuarstipendet til elevar i vidaregåande opplæring med 10 pst. utover forventa prisvekst for 2024. Samla inneber det at bortebuarstipendet vert auka med 829 kroner i månaden. Ein elev vil då få utbetalt 8 290 kroner meir i året. Satsinga skal bidra til at geografi og privatøkonomi ikkje skal vere til hinder for at alle kan få den opplæringa dei ønsker seg. Regjeringa foreslår å løyve 60 mill. kroner til denne satsinga i 2024. Tiltaket har ein heilårseffekt på 120 mill. kroner i 2025.

Bortebuarstipendet har blitt monaleg styrkt dei siste åra. I 2022 auka regjeringspartia i samarbeid med SV stipendet med 20 mill. kroner (40 mill. kroner i heilårseffekt) og i 2023 med 57 mill. kroner (115 mill. kroner i heilårseffekt). Sats per månad er auka frå 4 709 kroner i 2021 til 4 979 kroner i 2022, 5 848 kroner i 2023 og no til 6 677 kroner i 2024. Bortebuarstipendet er over ein treårsperiode styrkt med satsingar på 275 mill. kroner, i tillegg til prisjustering. Stipendet har totalt sett auka med 42 pst. sidan 2021.

Færre gradsstudentar i utlandet

Gradsutdanning i utlandet er viktig for mobiliteten blant norske studentar, og derfor har Lånekassen gode ordningar for dei som vel å ta ein heil grad i utlandet. Desse ordningane, som òg gjeld for utveksling, skal sikre tilgang til studieopphald i utlandet. For å sikre tilgang til høgt rangerte lærestadar i utlandet har Lånekassen òg ei eiga stipendordning som kjem i tillegg til den ordinære ordninga. Sidan 2014–15 har færre studentar valt å ta ein heil grad i utlandet. Det kan vere fleire årsaker til dette. Mellom anna har den norske krona i periodar vore svak, og dei siste åra har vore prega av pandemi og krig.

Ordninga med lån og stipend til lengre språkopplæring i utlandet skal gi studentar som skal ta ein heil grad i utlandet, den språklege tilrettelegginga dei treng for å få ei heilskapleg fagleg og kulturell oppleving i studielandet. Frå 2017–18 blei kravet om å halde fram med ei utdanning etter fullført språkopplæring for å få omgjort lån til stipend, fjerna. Ein analyse frå Lånekassen viser at etter endringa vart delen som tek ei gradsutdanning etter fullført språkopplæring, kraftig redusert. Ein konklusjon i analysen er at ordninga i liten grad har bidrege til målsetjinga om fleire gradsstudentar i utlandet, og ordninga verkar derfor lite målretta. Ordninga skal gjere det mogleg å få dei nødvendige språkkunnskapane ein treng for å kunne ta ein heil grad i det aktuelle landet.

Meir målretta ordningar for studentar i utlandet

Regjeringa ønsker å auke delen av studentar som tek ein heil grad i utlandet etter at dei har fått støtte til lengre språkopplæring. Regjeringa foreslår derfor å gjeninnføre kravet om at ein må halde fram med utdanning etter gjennomført språkopplæring for å få omgjort lån til stipend. Tiltaket reduserer løyvingsbehovet med 4,8 mill. kroner.

Utdanningsstøtteordningane for utdanning i utlandet skal vere med på å rekruttere fleire studentar til å studere i Noregs prioriterte samarbeidsland innanfor høgare utdanning og forsking. Rekrutteringsstipendet som blei oppretta studieåret 2022–23, er eit viktig verkemiddel for å nå dette målet. Ein student som tek eit utvekslingsopphald i einskilde prioriterte samarbeidsland, har rett til eit rekrutteringsstipend i inntil ti månader. Då rekrutteringsstipendet blei oppretta, varsla departementet at det ville vurdere å utvide ordninga på eit seinare tidspunkt.

Regjeringa foreslår no å utvide ordninga for rekrutteringsstipend, slik at fleire vel å ta ein heil grad i eit av dei utvalde samarbeidslanda innanfor høgare utdanning og forsking. For å styrke rekrutteringa foreslår regjeringa også å auke rekrutteringsstipendet med 1 500 kroner. Dette inneber at frå studieåret 2024–25 vil både utvekslingsstudentar og studentar som tek ein heil grad i eit av dei utvalde samarbeidslanda, kunne få eit stipend på 4 277 kroner i månaden i inntil ti månader per studieår utan at det blir behovsprøvd.

Det har frå studieåret 2022–23 ikkje vore mogleg å få lån og stipend til utdanning i Russland eller Belarus på grunn av det russiske krigsåtaket på Ukraina.

Unntak frå kravet om heiltidsstudium ved utdanning i sørsamisk språk i utlandet

For at ein skal få lån og stipend til utdanning i utlandet, må utdanninga vere på fulltid. I dag finst det berre deltidsstudiar i sørsamisk språk i Noreg og i Sverige. På grunn av kravet om fulltidsutdanning får ein ikkje lån og stipend til å studere sørsamisk språk i Sverige. Samstundes er sørsamisk eit språk som regjeringa ønsker å ta vare på, og manglande utdanningsstøtte kan hindre rekruttering til sørsamisk språkutdanning. For å stimulere til at fleire vel å studere sørsamisk, foreslår regjeringa at studentar som studerer sørsamisk på deltid i utlandet, skal få lån og stipend. Dette er eit einskilt unntak berre for studiar i sørsamisk, og det aukar løyvingsbehovet med 0,1 mill. kroner i 2024.

Kundane har meir gjeld no enn tidlegare

Kundane i Lånekassen har meir gjeld no enn tidlegare. I 2022 var gjennomsnittleg gjeld etter avslutta utdanning 410 000 kroner. I 2012 var gjennomsnittleg gjeld 321 000 kroner (i 2022-kroner). Dette er ein auke på 28 pst. over ti år. Ein del av auken kan forklarast med opptrappinga til elleve månader med utdanningsstøtte og høgare låneramme til skulepengar for studentar i utlandet, i tillegg til den generelle prisauken i samfunnet.

Det er også fleire som avsluttar utdanninga med meir enn 1 mill. kroner i studiegjeld. Dette gjaldt om lag 1 pst. av nye tilbakebetalarar i 2022. Dei som får så høg gjeld, har enten studert på privatskular med skulepengar eller teke fleire utdanningar. Dei fleste har studert i utlandet, men stadig fleire har berre studert i Noreg. Nær halvparten av dei som fekk meir enn 1 mill. kroner i gjeld etter studiar i Noreg i 2022, har teke privat trafikkflygarutdanning, og ein del har høg gjeld utan fullført utdanning. Denne utdanninga skil seg vesentleg frå anna utdanning ved at det er mogleg å få svært høge lån. Kunnskapsdepartementet vil vurdere innramminga av dette lånet fram mot 2025.

Dei siste åra har utdanningsstøtteordninga blitt endra slik at ho er betre tilpassa behova til fleire studentgrupper, mellom anna med ei auka låneramme for studentar over 30 år og studentar med barn. For dei fleste grupper er betre tilgang på lån til utdanning eit gode. Samstundes er det uheldig om studentar får for stor gjeldsbyrde tidleg i utdanningsløpet, til dømes vaksne som tek grunnskule eller vidaregåande opplæring. Stor gjeld kan for desse gruppene bli ei fattigdomsfelle, og det kan gjere det vanskelegare å få støtte til vidare utdanning. Over tid har stadig færre kundar i Lånekassen betalingsproblem, mellom anna som følge av at tilbodet om betalingsutsetjing førebels vart utvida i samband med covid-19-pandemien. Frå 2023 har det igjen vore ein auke i delen kundar med betalingsproblem, og regjeringa vil følge med på utviklinga.

Utdanningsstøtte for vaksne i utdanning

Mange har ikkje råd til å ta utdanning som vaksne

Behovet for å veksle mellom arbeid og utdanning gjennom heile karrieren vil bli større framover. Den teknologiske utviklinga og det grøne skiftet vil føre til endra arbeidsoppgåver og nye yrke. Det er derfor viktig at noverande og framtidige arbeidstakarar og arbeidsgivarar har tilgang til oppdatert kompetanse. Mangel på arbeidskraft aukar også behovet for å mobilisere fleire av dei vaksne som verken er i jobb eller utdanning, inn i arbeidslivet. Redusert inntekt under utdanning kan føre til at fleire ikkje har råd til å vidareutdanne eller omskulere seg, jf. Meld. St. 14 (2022–2023) Utsyn over kompetansebehovet i Norge. Funn frå Studentenes helse- og trivselsundersøkelse i 2022 kan tyde på at eldre studentar har større problem med å handtere løpande utgifter enn yngre.

Utdanningsstøtteordningane i Lånekassen er ei viktig kjelde til livsopphald for dei som ønsker å kombinere arbeid med utdanning. Utdanningsstøtta fungerer ikkje godt som erstatning for arbeidsinntekt over ein kortare periode, jf. Meld. St. 14 (2022–2023). Ordningane i Lånekassen har i liten grad vore tilpassa behova til sysselsette med bustadlån og forsørgaransvar som tek utdanning. Slik ordningane er lagde opp i dag, kan ein mellom anna ikkje få lån og stipend til kortare utdanningar.

Utdanningsstøtteordningar tilpassa vaksne i arbeid

Det er allereie gjennomført fleire endringar i utdanningsstøtteordningane som gir større fleksibilitet og betre vilkår for vaksne som har behov og motivasjon for å ta meir utdanning. Målet er at ordningane i Lånekassen skal vere meir relevante for vaksne som har behov for kompetansepåfyll gjennom arbeidslivet. Fleire tiltak har ført til at vaksne i større grad kan få utdanningsstøtte over lengre tid. Det er i tillegg innført ulike tilbod om ekstra lån slik at vaksne studentar no kan få meir støtte når dei tek utdanning. Det blir stadig fleire studentar over 30 år, og nokre fleire studentar har barn, jf. rapporten Utdanningsstøtten 2023.

Høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning skal bli endå meir tilgjengeleg ved at ein tilbyr fleire korte og moduliserte utdanningar som er tilpassa behova både til den einskilde og til arbeidslivet. Korte vidareutdanningar gir i dag ikkje rett til utdanningsstøtte. Kunnskapsdepartementet vil derfor utvide utdanningsstøtteordningane slik at kortare utdanningstilbod tilpassa vaksne i arbeid kan gi rett til lån. Med innføring frå våren 2025 skal vaksne i slike tilbod få tilgang til ei ny låneordning utan stipenddel, med løpande rente. Lånet blir tilgjengeleg uavhengig av inntekta til den einskilde. Storleiken på lånet vil vere avhengig av omfanget av utdanninga i studiepoeng og ikkje av kor lang tid ein bruker på utdanninga, slik det er for det ordinære lånet. Låneordninga vil også vere tilgjengeleg som eit alternativ for personar som tek lengre utdanning på deltid.

Ny grense mellom ordningar for lån og stipend til vidaregåande opplæring

Stortinget vedtok våren 2023 ei ny opplæringslov, jf. Prop. 57 L (2022–2023) og Innst. 442 L (2022–2023). Lova trer i kraft frå hausten 2024 og inneheld fleire store endringar, som fullføringsrett og rett til yrkesfagleg rekvalifisering. Endringane vil gi betre høve til å kvalifisere seg for vidare utdanning og arbeid, jf. programkategori 07.20 Grunnopplæringa. Fullføringsretten inneber at ein bør endre grensa mellom stipendbasert utdanningsstøtteordning for unge og den lånebaserte utdanningsstøtta for vaksne. Den stipendbaserte ordninga for unge i vidaregåande opplæring er allereie i dag dårleg eigna for vaksne utan fullført vidaregåande opplæring. I dag får personar som er under 25 år og har ungdomsrett, vurdert søknaden om lån og stipend opp mot inntekta til foreldra. Regelverket for utdanningsstøtte er basert på den lovfesta retten ungdom i dag har til vidaregåande opplæring, og bør endrast for at endringar i retten ikkje skal gi urimelege og utilsikta utslag for vaksne. Kunnskapsdepartementet tek derfor sikte på å endre utdanningsstøtteordninga frå og med studieåret 2024–25 slik at vaksne over 21 år som ikkje har fullført vidaregåande opplæring, får tilgang til den lånebaserte ordninga.

Utdanning spesielt tilrettelagd for brukarar av Nav kan gi rett til lån og stipend

Frå hausten 2021 er utdanningsstøtteordningane endra slik at deltakarar i program som «Menn i helse» får rett til lån og stipend i periodane utan livsopphaldsytingar frå Nav. Dagpengar og utdanningsstøtte skal kunne kombinerast utan restriksjonar baserte på at stipendet frå Lånekassen blir behovsprøvd mot andre offentlege ytingar. Stortinget vedtok i handsaminga av statsbudsjettet for 2022 at også anna utdanning spesielt tilrettelagd for brukarar av Nav kan gi rett til lån og stipend frå hausten 2024. Endringa gjeld vidaregåande opplæring for vaksne.

Tilgang til utdanningsstøtte for studentar som er fagleg forseinka

Utdanningsstøtteordninga er utforma slik at studentar skal kunne gjennomføre utdanninga på ein effektiv måte. Studentar som er forseinka med meir enn 60 studiepoeng, mistar retten til lån og stipend fram til dei har teke igjen forseinkinga. Formålet med denne regelen er å gi insentiv til effektiv gjennomføring av studia og samstundes unngå at den einskilde får høg utdanningsgjeld utan utsikter til endeleg sluttkompetanse. Samstundes kan denne regelen føre med seg utilsikta konsekvensar ved at studentar som i tidlegare studieløp har avbrote studia for å arbeide, ikkje får høve til å starte på nye studium før dei har teke opp fag frå tidlegare studieløp utan relevans for dei nye studia. Det er rimeleg at dei som har betalt ned heile utdanningsgjelda, bør kunne ta opp meir lån og stipend innanfor eigen eksisterande utdanningskvote sjølv om dei har vore forseinka i tidlegare utdanning. Argumentet knytt til høg gjeldsrisiko vil i liten grad gjelde for denne gruppa studentar. Regjeringa foreslår derfor at personar som har nedbetalt heile utdanningsgjelda si, får høve til å få lån og stipend frå Lånekassen sjølv om dei har forseinking frå tidlegare utdanning. Tiltaket gir nokre fleire med rett til støtte og aukar løyvingsbehovet med 2,9 mill. kroner i 2024.

Gjeldssletting for lærarar med studium i samisk og kvensk

Dei som fullfører 60 studiepoeng eller meir i kvensk eller eit samisk språk som ein del av einskilde lærarutdanningar, eller i tillegg til praktisk-pedagogisk utdanning eller barnehagelærarutdanning, kan få sletta opptil 50 000 kroner av gjelda. For å stimulere til at fleire lærarar vel å ta utdanning i samisk og kvensk, foreslår regjeringa å utvide ordninga. Utvidinga skal gi dei som tek lektorutdanning for trinn 8–13, ei av grunnskulelærarutdanningane og lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1–13, same rett til å få sletta gjeld også når studiepoenga i kvensk eller eit samisk språk er tekne utanom eller i tillegg til profesjonsutdanninga. Tiltaket aukar løyvingsbehovet med 0,3 mill. kroner i 2024.

Gjeldssletting for lærarutdanning i praktiske og estetiske fag

Dei som tek ei grunnskulelærar-eller lektorutdanning kan få delar av gjelda i Lånekassen sletta. Ein må ha hatt arbeidd som lærar i grunnskulen eller vidaregåande opplæring i ein oppteningsperiode etter studiane. I 2021 blei det etablert ei femårig integrert lærarutdanning i praktiske og estetiske fag (LUPE). Utdanninga har erstatta den treårige faglærarutdanninga som blei fasa ut. Sidan lærarutdanninga for desse faga no er ei femårig utdanning, vil den også vere ein del av ordninga for gjeldssletting for grunnskulelærar- eller lektorutdanning.

Kap. 2410 Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

01

Driftsutgifter

414 983

418 306

440 597

45

Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

25 006

15 610

35 000

50

Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

8 272 693

8 700 408

8 811 341

70

Utdanningsstipend, overslagsløyving

4 101 865

3 857 257

4 139 022

71

Andre stipend, overslagsløyving

666 003

555 604

585 756

72

Rentestøtte, overslagsløyving

1 106 027

2 727 801

2 814 761

73

Avskrivingar, overslagsløyving

812 687

918 015

904 593

74

Tap på utlån

281 044

415 500

380 500

90

Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

34 992 905

38 153 436

38 858 673

Sum kap. 2410

50 673 213

55 761 937

56 970 243

Post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 01

Statens lånekasse for utdanning (Lånekassen) er eit statleg forvaltningsorgan som tilbyr lån og stipend til utdanning i Noreg og utlandet. Løyvingane under kap. 2410, post 01 finansierer ordinære driftsoppgåver i verksemda. Løyvingane under post 45 finansierer større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, til dømes særskild IT-utvikling i Lånekassen.

Mål for 2024

Kunnskapsdepartementet har sett følgande mål for Lånekassen:

  • Like moglegheiter til utdanning gjennom finansiering av kompetansebehova til den einskilde og samfunnet

  • Ein enklare kvardag for alle i utdanning og alle med utdanningslån

Resultat i 2022

I 2022 feira Lånekassen 75-årsjubileum. Lånekassen har sidan etableringa medverka til at høgare utdanning har vore tilgjengeleg for alle samfunnslag. Det er ei velfungerande verksemd med fleire kundar enn nokosinne. Hovuddelen av søknadene om lån og stipend blir behandla maskinelt, noko som mellom anna skal sikre at kundane får lån og stipend til rett tid. Lånekassen hadde 1,2 mill. kundar i 2022 og fekk 1 mill. søknader om utdanningsstøtte, betalingsutsetjing, sletting av renter og sletting av lån. Talet på kundar med betalingsproblem heldt fram med å minke i 2022, og talet på kundar med oppsagde lån var redusert med om lag 400 samanlikna med 2021. Det har vore ein gradvis nedgang dei siste åra. Kundar med oppsagde lån utgjer 2,3 pst. av alle som betaler tilbake på lånet sitt. Fleire tal og fakta om kundar og ordningar i Lånekassen finn ein i rapporten Utdanningsstøtten 2022 frå Lånekassen.

Våren 2020 utvikla og iverksette Lånekassen ekstraordinære tiltak for dei som blei råka av covid-19-pandemien. Tiltaka gjaldt for både elevar, studentar og dei som betaler tilbake på lånet sitt. Desse tiltaka blei vidareførte i 2022, og det vart gjennomført kontroll med dei. Lånekassen utforma òg ei støtteordning for studentar som blei ramma av auka energiprisar. Det blei utbetalt straumstipend til studentar i to omgangar i 2022. Samstundes administrerte Lånekassen dei ordinære ordningane for eit nytt studieår. Dette har medført noko lengre saksbehandlingstid for einskilde typar saker.

Lånekassen har fått føringar frå Kunnskapsdepartementet om å utvikle seg som fagdirektorat, og som del av dette arbeidet er det oppretta fagmiljø for regelforvaltning, analyse og ordningsutvikling. Vaksne som treng kompetansepåfyll gjennom arbeidslivet, og som har større økonomiske forpliktingar, har fått særleg merksemd dei siste åra. Lånekassen skal etter planen kunne tilby relevant utdanningsstøtte til nye utdanningar og målgrupper innan 2025.

Budsjettforslag for 2024

Departementet foreslår å løyve 440,6 mill. kroner på post 01 og 35 mill. kroner på post 45.

Løyvinga på post 01 blir redusert med 0,8 mill. kroner som følge av forenkla regelverk og som følge av at utviklingskostnader i samband med forskriftsendringar i tidlegare år blir fasa ut.

Departementet foreslår å redusere løyvinga på post 01 med 0,5 mill. kroner som følge av at eittårige midlar til utviklingskostnader som følge av endringar i satsane for utstyrsstipend for yrkesfag blir fasa ut. Frå hausten 2023 blei utstyrsstipendet utvida frå fire til fem satsar.

Styret i Lånekassen blei lagt ned frå 1. januar 2023. Elev- og studentorganisasjonane fekk honorar for å sitje i styret. For å kompensere for tap av styregodtgjersle foreslår departementet å redusere løyvinga over post 01 med 0,3 mill. kroner mot ein tilsvarande samla auke i tilskotet til organisasjonane under kap. 225, post 75 og 270, post 74.

Løyvinga på post 45 blir redusert med 16,9 mill. kroner som følge av at kostnader i samband med utvikling av fleksibelt lån til vaksne og utvida rett til vidaregåande opplæring, blir fasa ut.

Departementet foreslår å løyve 25 mill. kroner på post 45 for å sikre nødvendig utvikling og vedlikehald av IT-systema i Lånekassen, mellom anna til ny IT-driftsavtale frå 2024.

For å gjere utdanningsstøtteordningane meir tilpassa vaksne i vidaregåande opplæring foreslår regjeringa å løyve 10 mill. kroner til IT-utvikling i Lånekassen.

Kap. 2410, post 50–90, kap. 5310 og kap. 5617

Løyvingane på desse kapitla og postane dekker dei ulike delane av utdanningsstøtteordningane til Lånekassen. Endringar i ordningane gjennom Lånekassen har som regel effekt på fleire budsjettpostar under kap. 2410, kap. 5310 og kap. 5617. Budsjettet for utdanningsstøtte blir derfor omtala samla. I tillegg blir dei einskilde postane omtala kvar for seg.

Mål for 2024

Dei overordna måla for programkategori 07.80 Utdanningsstøtte går fram av kategoriinnleiinga.

Resultat i 2022

Av dei 1,2 mill. kundane i Lånekassen i 2022 var 64,2 pst. tilbakebetalarar, medan 35,8 pst. var mottakarar av lån og stipend.

Den samla tildelinga av utdanningsstøtte var for undervisningsåret 2022–23 på 37,7 mrd. kroner. Av dette blei 4,6 mrd. kroner betalt ut som stipend, sjå fordelinga på dei ulike stipendformene i tabell 4.33. Resten blei betalt ut som lån.

I kalenderåret 2022 blei 4,7 mrd. kroner betalt ut som stipend. I tillegg blei 7,9 mrd. kroner gjort om frå lån til stipend under konverteringsordninga. Dei samla stipendutgiftene i 2022 blei dermed 12,6 mrd. kroner.

I tabellane under er det gitt ei oversikt over utviklingstrekk i hovudtala for mottakarar av lån og stipend og tilbakebetalarar i Lånekassen.

Tabell 4.31 Hovudtal for tildeling til elevar i vidaregåande opplæring med ungdomsrett

2019–20

2020–21

2021–22

2022–23

Tal på elevar/lærlingar i vidaregåande opplæring1

241 810

243 041

248 041

249 584

Tal på elevar/lærlingar med ungdomsrett

213 770

216 486

216 525

218 078

Tal på mottakarar av lån og stipend med ungdomsrett

163 551

163 595

164 888

165 713

Sum stipend (i mill. kroner)

2 136

2 105

2 082

2 085

Gjennomsnittsstipend (i kroner)

13 095

12 895

12 648

12 603

Sum lån (i mill. kroner)

178

232

172

156

Gjennomsnittslån (i kroner)

26 245

33 1522

29 997

30 462

1 Talet er henta frå SSB og syner alle elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring.

2 Auka gjennomsnittslån kjem i hovudsak av tilleggslån for våren 2021 og innføringa av tilleggslån for elevar som forsørger barn.

Tabell 4.32 Hovudtal for tildeling til høgare utdanning m.m.

2019–20

2020–21

2021–22

2022–23

Talet på studentar i høgare utdanning1

294 561

305 879

318 146

309 202

Talet på mottakarar av lån og stipend i høgare utdanning

199 493

206 488

209 815

208 236

Talet på andre mottakarar av lån og stipend2

55 317

57 553

56 494

54 024

Sum lån inkl. omgjeringslån (i mill. kroner)

29 614

32 523

32 810

32 946

Gjennomsnittslån (i kroner)

118 042

124 8133

125 453

127 388

Utbetalt konverteringsstipend4 (i mill. kroner)

7 143

6 784

5 7675

1 6735

Sum andre stipend (i mill. kroner)

2 345

2 296

2 678

2 520

1 Talet på studentar i høgare utdanning kjem frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH) og tal frå Lånekassen på studentar i utlandet.

2 Tala gjeld studentar i fagskular, folkehøgskular, bibelskular og korte yrkesretta utdanningar og vaksne elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring utan ungdomsrett.

3 Auka gjennomsnittslån kjem i hovudsak av innføringa av tilleggslån for studentar over 30 år og studentar som forsørger barn.

4 Utbetalt stipend etter at behovsprøving mot inntekt og formue er gjennomført. Status per august 2023.

5 Omgjering frå lån til stipend skjer samstundes som behovsprøvinga mot inntekt og formue blir gjennomført. Behovsprøvinga for 2022 er i hovudsak gjennomført, og ein stor del av konverteringsstipendet for dette året er derfor utbetalt. For 2023 er det enno ikkje utbetalt konverteringsstipend.

Tabell 4.33 Fordeling av ulike stipendformer i dei to siste undervisningsåra

Talet på stipend

Stipend i mill. kroner

2021–22

2022–23

2021–22

2022–23

Inntektsavhengig stipend

16 489

15 789

462

452

Bortebuarstipend

24 519

24 125

1 035

1 070

Utstyrsstipend

159 781

160 448

322

332

Flyktningstipend1

9 066

7 177

712

526

Stipend til skulepengar i utlandet

11 744

13 125

388

428

Utvida stipend til skulepengar i utlandet

1 458

1 575

89

81

Valutajustering (netto) av stipend og utvida stipendtil skulepengar i utlandet

10 468

13 078

1

31

Stipend til skulepengar ved utanlandske eller internasjonale vidaregåande skular

655

827

53

68

Språkstipend

460

620

10

14

Tilleggsstipend til tilrettelagd utdanning i Frankrike og Tyskland

28

33

0,6

1

Rekrutteringsstipend utveksling

-

675

-

8

Reisestipend, Noreg og Norden

8 085

8 697

16

19

Reisestipend, utanfor Norden

17 519

20 815

28

43

Sjukestipend2

902

1 023

35

42

Foreldrestipend2

2 881

3 199

215

227

Barnestipend1

26 394

26 560

607

607

Stipend til søkarar med nedsett funksjonsevne 1

10 544

12 551

419

504

Straumstipend

122 800

122 880

368

184

Totalt

423 793

316 806

4 762

4 638

1 Stipendet blir i ettertid behovsprøvd mot inntekt og formue. Ein del av det som opphavleg blei tildelt som stipend, vil derfor på eit seinare tidspunkt kunne bli gjort om til lån.

2 Ved sjukdom og fødsel vil lån bli omgjort til stipend i ettertid. Det betyr at det ikkje ligg føre endelege tal for desse tiltaka ved utløpet av undervisningsåret. For undervisningsåret 2021–22 blei det endelege resultatet for omgjering ved sjukdom 90 mill. kroner og for omgjering ved fødsel 273 mill. kroner.

Tabell 4.34 Hovudtal for lån og renter i dei siste fire åra

(i mill. kroner)

2019

2020

2021

2022

Tal på tilbakebetalande låntakarar1

718 675

728 942

748 274

772 410

Renteberande lån

138 988

145 416

154 936

167 401

Betalte renter

2 955

2 958

2 234

2 564

Avdrag

9 164

9 212

9 992

10 320

Ettergitt lån og renter

861

868

844

813

Rentestøtte

1 142

1 204

824

1 106

Uteståande lån

192 770

206 978

222 787

237 400

Uteståande renter

1 799

1 922

1 872

2 298

1 Ikkje oppgitt i mill. kroner.

Tildeling av lån og stipend

Stipend til utdanning i einskilde prioriterte samarbeidsland

For at fleire skal ta utdanning i dei prioriterte samarbeidslanda til Noreg, blei det frå studieåret 2022–23 innført eit stipend på 2 500 kroner i månaden ved utvekslingsopphald på inntil ti månader til Brasil, India, Kina, Russland, Sør-Afrika, Japan og Sør-Korea. 675 studentar har fått dette rekrutteringsstipendet i 2022–23. Av desse var det 187 som tok utdanning i Sør-Afrika, 170 i Japan, 101 i Sør-Korea og 92 i India. Det har frå studieåret 2022–23 ikkje vore mogleg å få lån og stipend til utdanning i Russland på grunn av det russiske krigsåtaket på Ukraina. Derfor er det heller ingen som har fått rekrutteringsstipend til utdanning i Russland. Innføringa av rekrutteringsstipendet er i hovudsak finansiert ved å redusere talet på utanlandske institusjonar som gir rett til utvida stipend til skulepengar.

Behovsprøving av stipend mot dagpengar

Inntektsgrensa ved behovsprøving av stipend mot dagpengar for studentar som kombinerer dagpengar med høgare utdanning, blei senka i 2022–23. Grensa var den same som gjeld for personinntekt og kapitalinntekt, men blei endra til den lågare grensa som gjeld for trygdeytingar. Det er for tidleg å talfeste det endelege resultatet av tiltaket.

Forenkling av reglar for lån og stipend til einskilde utanlandske statsborgarar

Det blei gjennomført fleire endringar frå 2022–23 for å forenkle regelverket for utanlandske statsborgarar med rett til lån og stipend i Lånekassen.

Avgrensa rett til lån og stipend for helsefaglege utdanningar

Frå hausten 2022 blei det presisert at rett til lån og stipend til medisinutdanning og til utdanning av tannlegar, jordmødrer, provisorfarmasøytar, sjukepleiarar og veterinærar, berre skal omfatte EØS-landa, Storbritannia, Sveits, USA, Canada, Australia og New Zealand.

Utbetaling ved avbrot utdanning som følge av sjukdom

Covid-19-pandemien viste at det var behov for større grad av fleksibilitet i regelverket for utdanningsstøtte for studentar som avbryt utdanninga som følge av sjukdom. Frå hausten 2022 kan ein student få behalde eller få utbetalt lån og stipend for sjukdomsperioden, uavhengig av kor langt inn i semesteret ein er før avbrotet. Dei fleste studentar i slike situasjonar får allereie sjukestipend, og tiltaket har derfor ikkje omfatta mange. Tiltaket har likevel vore positivt for dei det gjeld.

Tilleggsstipend som følge av høge straumprisar

På grunn av dei høge kraftprisane blei det for vårsemesteret 2022 tilbode eit eige stipend til elevar og studentar som fekk auka utgifter til straum. Stipendet var eit eingongsbeløp på 3 000 kroner, og det var eit vilkår for å få stipendet at søkaren var bortebuar og hadde eigne utgifter til straum. Eit tilsvarande stipend blei innført for haustsemesteret 2022, og då var beløpet 1 500 kroner. Om lag 122 600 søkarar tok imot stipendet som blei tilbode våren 2022. Samla blei 367,8 mill. kroner tildelt i straumstipend for våren 2022. I ein etterkontroll er 9,2 mill. kroner av dette beløpet gjort om til lån igjen, for søkarar som ikkje har dokumentert at dei hadde rett til stipendet. Om lag 122 900 søkarar tok imot stipendet som blei tilbode hausten 2022. Samla blei 184,4 mill. kroner tildelt i straumstipend for hausten 2022. Det er førebels ikkje gjennomført etterkontroll av denne stipendtildelinga.

Unntaksheimel i tilfelle krig eller andre alvorlege hendingar

Etter det russiske angrepet på Ukraina i februar 2022 blei det innført ei regelendring for å regulere tidsavgrensa unntak frå føresegnene i forskrift om utdanningsstøtte om rett til lån og stipend til utdanning i utlandet. Departementet har like etter dette sendt ein instruks til Lånekassen om dei unntaka som kunne gjerast i regelverket for søkarar som vart råka av krigen.

Oppfølgingsomtale av endringar i 2021

Oppheving av rett til omgjering av lån til stipend for forbetringsprivatistar

Tidlegare kunne dei som avsluttar vidaregåande opplæring med privatisteksamen, få omgjering av lån til stipend ved bestått eksamen, sjølv om dei tidlegare hadde bestått det same faget som elev med ungdomsrett. Retten til slik omgjering blei oppheva frå og med studieåret 2021–22. Om lag 4 200 søkarar i 2020–21 fekk dermed ikkje omgjort lån til stipend for eitt eller fleire fag på grunn av denne endringa.

Forsøksordning med vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar

I 2021 blei det sett i gang ei forsøksordning med eit vidareutdanningsstipend for fagarbeidarar. Målet var å få kunnskap om korleis økonomiske insentiv kan påverke deltaking i vidareutdanning for fagarbeidarar, og om det har noko å seie for tilknytinga til arbeidsmarknaden. Forsøksordninga varte til august 2023. For at forsøksordninga i størst mogleg grad skal svare til ei vanleg stipendordning for personar under utdanning, var det Lånekassen som stod for utbetalingane under ordninga. Det var 33 søkarar som fekk stipend frå Lånekassen under piloten studieåret 2021–22, medan om lag 635 søkarar fekk stipend under hovudforsøket i studieåret 2022–23. Sluttrapporten frå forsøket skal kome i desember 2023.

Mellombels unntak frå behovsprøving av stipend for einskilde studentar

Det blei gjort unntak frå inntektsgrensene for studentar som hadde inntekt frå arbeid i einskilde yrke frå 2020 og ut 2022. Unntaket gjaldt for studentar som hadde inntekt frå arbeid i helse- og omsorgssektoren, Heimevernet eller Sivilforsvaret, eller politistudentar som hadde inntekt frå polititeneste eller beredskapsarbeid. I 2022 ble unntaket utvida til å gjeld dei som arbeider i skule eller barnehage òg. For desse studentane blei slik inntekt ikkje rekna med i behovsprøvinga av stipend dersom studentane sende inn dokumentasjon om dette. For den første perioden med unntak, frå 1. mars 2020 til 31. desember 2020, viser oppdaterte tal at om lag 5 500 studentar fekk behalde meir stipend enn dei elles ville ha gjort. For 2021 viser førebelse tal at om lag 5 400 studentar har fått behalde meir stipend enn dei ville gjort utan regelendringa. Ein ser vidare at 29 pst. av dei som fekk unntak frå inntekt i 2020, også fekk det for 2021.

Budsjettforslag for 2024

Ettersom ein del av undervisningsåret 2024–25 ligg utanfor budsjettåret 2024, er det behov for to tilsegnsfullmakter. Sjå forslag til vedtak III nr. 3 og 4.

Grunnlaget for forslaget til løyvingane på kap. 2410, post 50–90, kap. 5310 og kap. 5617 er

  • oppdaterte overslag over talet på mottakarar av lån og stipend i ulike kategoriar og nye overslag over gjennomsnittleg tildeling innanfor kvar einskild kategori. Regjeringa foreslår midlar til 500 nye studieplassar til fagskulane i statsbudsjettet for 2024. Fleire studieplassar aukar behovet for lån og stipend.

  • prisvekstjustering på 3,8 pst. av alle utdanningsstøttesatsar for studieåret 2024–25

  • lønnsvekstjustering av alle inntekts- og formuesgrenser som blir nytta i samband med behovsprøving av stipend og sletting av renter og gjeld

  • renteprognose på 4 pst. (årleg effektiv rente ekskl. gebyr) for 2024 og oppdaterte overslag over storleiken på den rentefrie og den renteberande delen av utlånsporteføljen til Lånekassen i 2024

  • berekna effektar av endringar som blei vedtekne i statsbudsjettet for 2023

  • forslag til regelendringar og nye tiltak i 2024 som vil påverke løyvingsbehovet. Nokre av desse inneber at driftsbudsjettet til Lånekassen må aukast. Sjå oversikt over kva endringar som gir slikt behov, under kap. 2410, post 01 og 45.

Auka utstyrsstipend

Departementet foreslår å auke løyvinga til utstyrsstipendet for alle utdanningsprogram i vidaregåande opplæring med 40 mill. kroner frå undervisningsåret 2024–25.

Auka bortebuarstipend

Departementet foreslår å auke løyvinga til bortebuarstipendet med 60 mill. kroner frå undervisningsåret 2024–25. Stipendet aukar frå 5 848 kroner i månaden i studieåret 2023–24 til 6 677 kroner i månaden i studieåret 2024–25.

Stipend berre til dei som held fram med utdanning etter fullført språkopplæring

Departementet foreslår å redusere løyvinga med 4,8 mill. kroner som følge av at det blir stilt krav om at ein tek utdanning etter fullført språkopplæring for å få omgjort lån til stipend for språkopplæringa.

Unntak frå kravet om heiltidsstudium ved utdanning i sørsamisk språk i utlandet

Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,1 mill. kroner som følge av unntak frå kravet om heiltidsstudium ved utdanning innanfor sørsamisk språk i utlandet.

Tilgang til utdanningsstøtte for studentar som er fagleg forseinka

Departementet foreslår å auke løyvinga med 2,9 mill. kroner som følge av at studentar som er fagleg forseinka, skal få utdanningsstøtte.

Gjeldssletting for lærarar med studium i samisk og kvensk

Departementet foreslår å auke løyvinga med 0,3 mill. kroner som følge av ordninga for gjeldssletting for studentar med studium i samisk og kvensk vert utvida.

Verkeleg verdi

For å rekne ut den verkelege verdien av utlånsporteføljen til Lånekassen er det laga ein modell som skil mellom kostnader som er knytte til dei utdanningspolitiske og sosiale tiltaka i utdanningsstøtteordningane, og kostnader knytte til kredittrisiko. Lånekassen hadde ein portefølje av uteståande lån og renter på 239,7 mrd. kroner ved utgangen av 2022. Den verkelege verdien av porteføljen er lågare enn den bokførte porteføljen. Dette kjem av både dei ulike utdanningspolitiske og sosiale ordningane som er knytte til utdanningsstøtteordningane i Lånekassen, og forventa tap som kjem av at kundane ikkje oppfyller betalingspliktene sine.

Tabell 4.35 syner kva for element det er justert for når ein har rekna ut verkeleg verdi av porteføljen. Det er lagt til grunn at låna i gjennomsnitt er rentefrie i noko under tre år. På grunnlag av modellen og ein føresetnad om ei rente på 4 pst. er den verkelege verdien av porteføljen ved utgangen av 2022 rekna ut til 208,7 mrd. kroner. Differansen mellom bokført verdi og berekna verkeleg verdi er 31 mrd. kroner. Den verkelege verdien er berekna til 87 pst. av dei samla fordringane per 31. desember 2022.

Tabell 4.35 Verkeleg verdi av utlånsporteføljen til Lånekassen

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2021

Verdi i mill. kroner per 31. desember 2022

Opphavleg låneportefølje

  • tilbakebetalarar

156 809

169 699

  • studentar

67 849

69 999

Sum opphavleg låneportefølje

224 658

239 698

  • omgjering til stipend

11 597

12 059

Portefølje etter omgjering til stipend

213 061

227 639

Neddiskontert portefølje

163 286

150 906

Neddiskonterte renteinntekter

50 314

77 691

Neddiskontert portefølje inkl. renteinntekter

213 600

228 596

Justeringar

  • rentestøtte studentar

2 873

4 590

  • sletting av renter tilbakebetalarar

1 992

3 077

  • ettergitt gjeld

7 130

6 717

Sum justeringar

11 996

14 384

Justert låneportefølje

201 604

214 213

  • nedskriving lån og renter

5 112

5 112

  • over-/underkurs

–60

-375

Verdi

196 432

208 726

Ved å legge til grunn dei same føresetnadene som ved berekning av verkeleg verdi av porteføljen kan ein berekne noverdien av nye utlån i Lånekassen. Tabell 4.36 syner at staten kan forvente å få tilbake om lag 54 øre for kvar ny krone som blir lånt ut frå Lånekassen.

Tabell 4.36 Noverdien av 1 krone i nytt utlån i Lånekassen

Verdi i kroner per 31. desember 2021

Verdi i kroner per 31. desember 2022

Opphavleg låneportefølje

  • tilbakebetalarar

0,000

0,000

  • studentar

1,000

1,000

Justeringar

  • forventa omgjering til stipend

0,251

0,247

Portefølje etter omgjering til stipend

0,749

0,753

Neddiskontert låneportefølje etter omgjering

0,568

0,487

Renteinntekter

0,177

0,161

Justeringar

  • rentestøtte studentar

0,038

0,061

  • sletting av renter tilbakebetalarar

0,007

0,006

  • ettergitt gjeld

0,025

0,023

Sum justeringar

0,070

0,090

Justert låneportefølje

0,675

0,558

Nedskriving lån og renter

0,018

0,015

Verdi

0,657

0,543

Post 50 Avsetning til utdanningsstipend, overslagsløyving

Inntil 40 pst. av basislånet til studentar i høgare utdanning m.m. kan bli konvertert frå lån til stipend. Løyvinga på post 50 dekker avsetning til eit fond (konverteringsfondet) som Lånekassen trekker midlar frå etter kvart som lån blir gjorde om til stipend.

Det er budsjettert med at det vil bli gitt 11,5 mrd. kroner i omgjeringslån i 2024. Heile dette beløpet kan bli gjort om til utdanningsstipend. Tre faktorar bidreg til at det likevel ikkje er behov for å setje av eit så høgt beløp i konverteringsfondet. For det første blir utdanningsstipendet behovsprøvd mot inntekt og formue, og derfor vil ein del av det som kunne blitt gjort om til stipend, likevel ikkje bli omgjort. For det andre vil ein del av den utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje bli bestått og derfor ikkje gi rett til omgjering. Og for det tredje vil ein del av den høgare utdanninga det blir gitt støtte til, ikkje føre fram til ein avlagd grad og dermed ikkje gi rett til omgjering på grunnlag av oppnådd grad. Samla er det estimert at desse tre faktorane reduserer avsetningsbehovet med 23,2 pst., og forslaget til løyving på posten utgjer 76,8 pst. av anslaget for nye omgjeringslån i 2024.

Post 70 Utdanningsstipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld inntektsavhengig stipend, utstyrsstipend, og bortebuarstipend til elevar og lærlingar i vanleg vidaregåande opplæring, stipend til søkarar i høgare utdanning m.m. med nedsett funksjonsevne eller funksjonshemming, og flyktningstipend, foreldrestipend, sjukestipend og barnestipend for alle grupper.

Post 71 Andre stipend, overslagsløyving

Løyvinga på posten gjeld ulike stipend til dekking av reiseutgifter og skulepengar i innland og utland. Ho gjeld òg stipend til språkkurs, eit tilleggsstipend til spesielt tilrettelagd ingeniør- og økonomiutdanning i Frankrike og Tyskland og eit rekrutteringsstipend ved utvekslingsopphald i dei prioriterte samarbeidslanda til Noreg.

Post 72 Rentestøtte, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekker kostnaden ved at utdanningslån er rentefrie i utdanningstida, og er eit uttrykk for kor mykje staten subsidierer lånedelen av støtteordningane med. Løyvingsbehovet på posten varierer med rentenivået.

Post 73 Avskrivingar, overslagsløyving

Avskrivingane på posten omfattar mellom anna avskriving på grunn av sjukdom og død. Vidare er det eigne ordningar for avskriving for visse lærarutdanningar og for personar som er busette og arbeider i Finnmark og utvalde kommunar i andre fylke. I tillegg blir restgjeld automatisk avskriven når gjelda er under det som er sett som minimumsbeløpet for innkrevjing.

Oversikta under viser dei elementa som utgjer post 73 Avskrivingar:

Tabell 4.37 Avskrivingselement i Lånekassen

(i 1 000 kr)

Element

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

Avskriving ved sjukdom

444 793

502 718

462 762

Avskriving ved død

86 138

73 938

86 138

Automatisk avskriving

493

450

493

Avskriving for lærarutdanning

52 565

34 469

50 539

Avskriving Finnmarks-ordninga

129 904

173 921

178 215

Avskriving kvoteordninga

10 788

6 480

6 346

Sletting av renter

88 012

126 039

120 100

Sum

812 692

918 015

904 593

Av samla avskriving på 904,6 mill. kroner er det berekna at 735,7 mill. kroner vil vere avskriving av det opphavlege utdanningslånet. Dei resterande avskrivingane fordeler seg på 58,5 mill. kroner frå renter i 2024 og 110,4 mill. kroner frå renter frå tidlegare år.

Post 74 Tap på utlån

Løyvinga på posten dekker avskriving av grovt eller vedvarande misleghaldne utdanningslån. Låna blir avskrivne i rekneskapane som tap i Lånekassen når dei blir overførte permanent til Statens innkrevjingssentral (SI).

Oversikta nedanfor viser dei hovudelementa som utgjer post 74 Tap på utlån:

Tabell 4.38 Tapselement i Lånekassen

(i 1 000 kr)

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

SI-permanent

228 434

355 000

320 000

Lån etter gjeldsordning

51 247

55 500

55 500

Andre forhold

1 363

5 000

5 000

Sum

281 044

415 500

380 500

Tap på hovudstolen er berekna til å vere 266,4 mill. kroner, medan tap på renter frå tidlegare periodar er 99,1 mill. kroner i 2024. Årets renter på taps-/kostnadsfordringane er berekna til å vere 15 mill. kroner i 2024.

Personar som ikkje har betalt etter tredje varsel om betaling, får lånet førebels overført til SI. Dersom arbeidet til SI fører fram og personen kjem à jour med betalingar, blir saka ført tilbake til Lånekassen. Lånekassen eig kravet, men SI handterer gjeldsordningssaker i denne perioden. Det er først når lånet blir permanent overført til SI, normalt når gjelda har vore oppsagd i tre år, at kravet i rekneskapssamanheng blir overført til SI.

Frå 1996 til og med 2022 har om lag 73 700 kundar fått gjelda permanent overført til SI, med eit samla beløp på 9,3 mrd. kroner. Av dette er det fram til i dag kravd inn 5,2 mrd. kroner. Innkrevjingsresultatet i 2022 for permanent overførte utdanningslån var på 267,7 mill. kroner, medan det i 2021 var 262,4 mill. kroner. I 2024 er innkrevjingsresultatet berekna til å bli 275 mill. kroner. Det blei overført lån permanent frå Lånekassen til SI på 228,4 mill. kroner i 2022, mot 305,3 mill. kroner i 2021. Overføringa til SI i 2024 er berekna til 320 mill. kroner.

Post 90 Auka lån og rentegjeld, overslagsløyving

Løyvinga på posten dekker samla nye utlån frå Lånekassen i 2024 og berekna renter i løpet av året som ikkje er betalte ved utgangen av året.

Nye utlån til kundar og omgjeringar av stipend til lån er berekna til å utgjere 36,2 mrd. kroner, medan nettoutlån til ubetalte renter er berekna til 2,7 mrd. kroner. Den samla løyvinga på posten blir då 38,9 mrd. kroner i 2024.

Kap. 5310 Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

16 702

5 000

4 000

29

Termingebyr

1 661

1 938

1 801

89

Purregebyr

78 788

78 555

90 228

90

Redusert lån og rentegjeld

12 082 463

13 410 403

13 970 169

93

Omgjering av utdanningslån til stipend

7 870 621

7 925 645

8 287 563

Sum kap. 5310

20 050 235

21 421 541

22 353 761

Kapittelet gjeld inntekter til Lånekassen, i hovudsak innbetalingar frå kundane, innbetaling frå konverteringsfondet og ulike refusjonar.

Post 04 gjeld ettergiving av utdanningslån for kvotestudentar frå utviklingsland som flyttar til heimlandet og buset seg der varig. Visse innanlandske kostnader kan etter statistikkdirektivet i OECD bli definerte som offentleg utviklingshjelp.

Post 29 gjeld gebyr for rekning ved terminforfall. Kundar som nyttar eFaktura eller AvtaleGiro, blir ikkje belasta med rekningsgebyr.

Post 89 gjeld gebyr på 280 kroner ved første purring og 490 kroner ved andre purring (varsel om oppseiing).

Post 90 gjeld innbetalte avdrag og betalte berekna renter frå tidlegare år. Avskrivne og betalte renter er splitta opp i avskrivne og betalte renter i inneverande og tidlegare budsjettperiodar.

Tilbakebetaling av hovudstolen er berekna til 11,4 mrd. kroner i 2024. Tilbakebetaling av rentegjeld frå tidlegare periodar er berekna til 1,3 mrd. kroner i 2024. Tilbakebetaling frå taps-/kostnadsløyvingar utgjer 1,2 mrd. kroner og omfattar både hovudstol og berekna renter frå tidlegare periodar, spesifisert på kap. 2410, post 73 og 74.

Post 93 omfattar innbetaling frå konverteringsfondet til Lånekassen basert på konvertering av lån til stipend. Sjå omtale under kap. 2410, post 50.

Verksemder med mellomvære med statskassa vil ha eit unntak frå kontantprinsippet, jf. forslag til vedtak VII.

Kap. 5617 Renter frå Statens lånekasse for utdanning

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2022

Saldert budsjett 2023

Forslag 2024

80

Renter

4 290 537

9 714 332

10 363 860

Sum kap. 5617

4 290 537

9 714 332

10 363 860

Løyvinga på posten gjeld renter til staten for alle utlån til Lånekassens kundar. Dette gjeld renter som er belasta kundar i tilbakebetalingsfasen, og renter som er løyvde på tilskotspostar til å dekke kostnadene staten har på lån som er rentefrie under utdanninga (rentestøtta), og lån som er avskrivne.

Brutto rentestøtte er berekna til om lag 3,4 mrd. kroner, medan opptente og innbetalte renter frå kundane er berekna til 4,3 mrd. kroner i 2024. Anslaget for opptente ikkje-betalte renter frå kundane er 2,7 mrd. kroner, medan anslaget for årets renter frå taps-/kostnadsløyvingar er 70,9 mill. kroner i 2024.

Til forsida