Prop. 1 S (2023–2024)

FOR BUDSJETTÅRET 2024 — Utgiftskapittel: 200–289 og 2410 Inntektskapittel: 3200–3288, 5310 og 5617

Til innhaldsliste

1 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak

DigForsk AS

Selskapet har leigd inn dagleg leiar frå UiT, og godtgjersle i 2022 er kostnadsført med 854 234 kroner i lønn og sosiale kostnader inkludert pensjon og feriepengar som utgjer til saman 181 201 kroner.

I4 Helse AS

Dagleg leiar fekk 918 204 kroner i lønn og 170 471 kroner i anna godtgjersle i 2022. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 51 044 kroner.

Mecatronics Innovation Lab AS

Dagleg leiar fekk 1 346 000 kroner i lønn og 12 000 kroner i anna godtgjersle i 2022. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 67 300 kroner.

NTNU Ocean Training AS

Dagleg leiar fekk 760 325 kroner i lønn i 2022. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 44 868 kroner.

NTNU Samfunnsforsking AS

Dagleg leiar fekk 1 391 384 kroner i lønn i 2022. Pensjonsutgifter er kostnadsført med 142 969 kroner. Dagleg leiar har ein avtale om særskilt vederlag ved opphøyr av tilsetjingsforholdet.

NTNU Technology Transfer AS

Dagleg leiar fekk 1 465 265 kroner i lønn og 73 747 kroner i anna godtgjersle i 2022. Ytinga gjeld både tidlegare og ny leiar i 2022. Selskapet har tenestepensjonsordning i tråd med lov om obligatorisk tenestepensjon.

Simula Research Laboratory AS

Dagleg leiar fekk 3 061 458 kroner i lønn og 347 714 kroner i anna godtgjersle i 2022. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er kostnadsført med 188 882 kroner.

Unifond AS

Dagleg leiar fekk197 400 kroner i lønn i 2022. Selskapet har ei ytingsbasert pensjonsordning i Statens pensjonskasse, men har ikkje plikt til å ha tenestepensjonsordning etter lov om obligatorisk tenestepensjon.

Unirand AS

Dagleg leiar fekk 126 644 kroner i lønn i 2022. Det er ikkje utgiftsført pensjonsutgifter eller anna godtgjersle til dagleg leiar.

Universitetssenteret på Svalbard AS

Dagleg leiar fekk 1 365 418 kroner i lønn og 250 652 kroner i anna godtgjersle i 2022. Pensjonsutgifter til dagleg leiar er ført med 147 372 kroner.

Andre

Følgande heileigde selskap har ingen lønte tilsette som dagleg leiar:

  • DnF Productions AS

  • Universitetet i Bergen Eiendom AS

  • Nord innovasjon AS

  • Vangslund AS

Til forsida