Prop. 1 S (2024–2025)

FOR BUDSJETTÅRET 2025 — Utgiftskapittel: 1100–1161 Inntektskapittel: 4100–4150, 5576, 5652

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Landbruks- og matpolitikken til regjeringa

Befolkningsvekst, konfliktar, ustabile forsyningar av mat og energi, stigande råvareprisar og store klima- og miljøutfordringar pregar kvardagen til millionar av menneske verda over. Også i vårt relativt rolege hjørne av verda, er det tydeleg at eit aktivt jordbruk og ein berekraftig matproduksjon er grunnleggjande for at vi skal kunne skape ei trygg framtid. Eigen produksjon av mat er viktig for eit samfunn ut frå eit beredskapsomsyn.

Landbruks- og matpolitikk handlar mellom anna om beredskap, distrikt, miljø og klima, i tillegg til nærings- og handelspolitikk. Desse overordna perspektiva ligg til grunn for regjeringa sine prioriteringar for jordbruket i framlegget til statsbudsjett for 2025.

Regjeringa vil ha eit aktivt og berekraftig jordbruk over heile landet. Jordbruket skal gi oss nok og trygg mat, og dyrevelferda skal vere god. Bøndene skal ha rammevilkår som gjer at dei kan utnytte potensialet for inntekt på garden best mogleg.

Regjeringa arbeider med å auke sjølvforsyninga mellom anna gjennom å leggje til rette for auka inntektsmoglegheiter i jordbruket og styrkje konkurransekrafta for norsk mat mot import. Konkurransekraft i matsektoren er avgjerande for å oppretthalde ein høg marknadsdel i heimemarknaden. For regjeringa er dette ein sentral del av arbeidet med å styrkje beredskapen.

Regjeringa la i Meld. St. 11 (2023–2024) fram ein ambisiøs plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Planen legg opp til å auke inntektsmoglegheitene med sikte på å lukke den gjennomsnittlege inntektsforskjellen til eit justert gjennomsnitt av løn for arbeidstakarar fram til 2027. I jordbruksoppgjeret 2024 blei planen følgt opp med vidare opptrapping av løyvingane som legg godt til rette for at målet kan nås.

Gjentakande ekstremvêr med tørke og flaum har vist kor avgjerande det er med god beredskap for å berge maten til folk og dyr. Storm, tørke og ekstremvêr vil også kunne føre til store skadar på skogressursane. Vi må vere budde på klimatilpassingar i landbruket i åra som kjem. Dette er ein viktig del av beredskapsarbeidet til regjeringa.

Vi må òg nytte dei nasjonale ressursane etter beste evne, og ta vare på mangfaldet og dei gode produksjonsmiljøa i jordbruket, reindrifta og skognæringa.

Reindriftsnæringa nyttar marginale utmarksressursar og næringa er avgjerande for å bevare samisk kultur og språk. Regjeringa vil leggje fram forslag til endringar i reindriftslova våren 2025, som skal vareta ei berekraftig reindrift. Tilgjengelege areal er ein føresetnad for ei berekraftig reindrift. Regjeringa vil gjennomføre tiltaka i tiltakspakka for reindrift og energi, for å leggje til rette for betre varetaking av reindrifta sine beiteareal.

Ansvarleg og langsiktig forvaltning av skogen er ein føresetnad for å produsere skog med kvalitetstømmer, og slik bidra til verdiskaping. Skogen gir òg ei rekkje fellesgode og rekreasjonsverdiar. Ein offensiv politikk for skog- og trenæringa er god nærings-, distrikts- og klimapolitikk.

Berekraftsmåla til FN er ein felles, overordna handlingsplan for ei berekraftig utvikling for alle land og samfunnsområde. Måla for landbruks- og matpolitikken skal, på same måte som berekraftsagendaen, byggje på miljømessig, økonomisk og sosial berekraft.

Arbeidet med å redusere klimagassutsleppa frå landbruket skal førast vidare og opptaket av karbon skal aukast, samstundes som vi aukar sjølvforsyninga og tilpassar produksjonen til eit endra klima. Satsinga på drenering i jordbruket er eit godt døme på dette. Å få på plass eit nytt gjødselregelverk er ei anna prioritert oppgåve. Ein variert bruksstruktur som er tilpassa naturressursar og geografi, gir eit godt utgangspunkt for å produsere mat på ein berekraftig og klimavenleg måte. Reduksjon av matsvinn er òg eit tiltak for å redusere utsleppa, og regjeringa vil mellom anna utarbeide ei matkastelovgiving og styrkje bransjeavtalen for reduksjon av matsvinn.

Skogen kan bidra til å løyse klimaproblemet gjennom auka opptak av CO2 og lagring av karbon i tre og skogsjord, og ved at biomasse kan erstatte materiale med høgare klimagassutslepp. Regjeringa har mål om å auke CO2-opptaket i norsk skog, og vil føre klima- og miljøtiltaka i skog vidare.

Regjeringa har følgjande mål for ein berekraftig landbruks- og matsektor:

Figur 1.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

Figur 1.1 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet

I del III er det gjort nærare greie for resultata knytte til dei landbruks- og matpolitiske måla. Ein berekraftig landbruks- og matsektor er eit gjennomgåande omsyn for alle dei landbruks- og matpolitiske måla.

Prioriteringar i landbruks- og matpolitikken

Strategi om auka sjølvforsyning

Den globale usikkerheita gjer det viktig med ein nasjonal matproduksjon. Jordbruket sitt samfunnsoppdrag er å sikre befolkninga nok og trygg mat produsert på norske naturressursar, og gjennom dette bidra til sysselsetjing i heile landet, god ernæring og helse. Den 8. mars 2024 la regjeringa fram Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, i tråd med Hurdalsplattforma. Hovudstrategien som er lagt til grunn for arbeidet med å auke sjølvforsyningsgraden er å forbetre og auke produksjonen av planteprodukt, både til mat og til fôr, på ein måte som styrkjer jordbruket si konkurransekraft mot import. Auka sjølvforsyning må anten kome som følgje av auka innanlandsk produksjon av varer med låg sjølvforsyningsgrad, endring i det innanlandske forbruket, endring i norskandel i fôr og fôrråvarer, eller ein kombinasjon av desse. Regjeringa sin strategi er delt inn i tiltak retta mot styrkt konkurransekraft, styrkt planteproduksjon til mat og fôr og tiltak for å oppretthalde dagens høge sjølvforsyningsgrad på husdyrprodukt. Alle tiltak i jordbrukspolitikken framover må vurderast opp mot korleis desse påverkar målet som er sett om auka sjølvforsyning.

Opptrapping av inntektsmoglegheitene

Gode inntektsmoglegheiter er eit viktig verkemiddel for å nå målet om auka sjølvforsyning og dei andre måla i jordbrukspolitikken. I tillegg til å vere eit verkemiddel for å nå dei andre måla i jordbrukspolitikken, er også gode inntektsmoglegheiter eit mål i seg sjølv. I Meld. St. 11 (2023–2024) la regjeringa fram ein opptrappingsplan for inntektsmoglegheitene. I planen går det fram at ein med utgangspunkt i tala for 2021 i ein modifisert totalkalkyle, legg opp til å auke inntektsmoglegheitene med sikte på å lukke den gjennomsnittlege inntektsforskjellen til eit justert gjennomsnitt av løn for arbeidstakarar fram til 2027. Det blei føreslått ein berekningsmodell med val av samanlikningsgruppe, kapitalkostnader, normeringsfaktor og forslag om uendra tal timar i eit årsverk i jordbruket. Ved Stortingets handsaming av meldinga blei det føreslått endringar i alle enkeltelement i berekningsmodellen, men det var berre regjeringa sitt forslag om å redusere timetalet per årsverk i jordbruket i like delar til 1750 timar fram til 2027, som fekk fleirtal. Opptrapping av inntektsmoglegheitene starta i 2021. I jordbruksoppgjeret i 2024 la partane opptrappingsplanen til grunn, basert på Stortingets handsaming av Meld. St. 11 (2023–2024). Jordbruksavtalen 2024 tek første steg i nedtrappinga av tal timar i eit årsverk i jordbruket til 1 750 timar i 2027, ved å redusere timetalet frå 1 845 timar i 2024 til 1 810 timar i 2025. Vilkåra for opptrappingsplanen som går fram av meldinga, er lagde til grunn. Stortinget vedtok den inngåtte jordbruksavtalen basert på den nye berekningsmodellen den 21. juni 2024.

Jordbruksavtalen styrkjer norsk matproduksjon

Den 16. mai 2024 blei staten og Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag samde om ein jordbruksavtale. Denne blei fremja for Stortinget i Prop. 105 S (2023–2024) Endringer i statsbudsjettet 2024 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2024) og vedteken 21. juni 2024.

Med jordbruksavtalane dei tre siste åra har regjeringa bidrege til eit stort løft for bøndene. Avstanden i inntekt til andre grupper er vesentleg redusert, i tråd med ambisjonane i Hurdalsplattforma. Ambisjonane har seinare blitt konkretisert i Meld. St. 11 (2023–2024)

På avtaletidspunktet hadde jordbruksavtalen 2024 ei samla ramme for 2025 på 28 933 mill. kroner, noko som var ein auke på 3 015 mill. kroner. Av den auka ramma på 3 015 mill. kroner i 2025, skulle auka løyvingar over statsbudsjettet finansiere 2 217 mill. kroner. På bakgrunn av volumjusteringar i ettertid, blir det fremja forslag om å auke løyvingane med 2 098 mill. kroner i statsbudsjettet for 2025. Bøndene får kompensert for den prognoserte kostnadsveksten i 2025, og det blir vidare lagt til rette for ein inntektsvekst på 85 600 kroner per familieårsverk frå 2024 til 2025. Av dette er 60 000 kroner per familieårsverk tetting av inntektsgapet til andre grupper.

Partane har i avtalen særleg prioritert økonomien i mjølkeproduksjon, planteproduksjon til mat, tiltak for klima, natur og miljø, velferdsordningar, unge bønder og landbruk i Nord-Noreg.

Auka berekraft i verdikjeda for mat

Regjeringa styrkjer berekrafta i verdikjeda for mat gjennom verkemiddel både innanfor og utanfor jordbruksavtalen. Særleg viktige område er jordvern, klima- og miljøarbeidet i jordbruket, berekraftige fôrråvarer, plante- og dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik. Regjeringa legg òg vekt på medverknad og samarbeid med landbruket gjennom jordbruksavtalen.

Sosial, økonomisk og miljømessig berekraft heng tett saman og skal bidra til å oppnå berekraftsmåla til FN. Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å koordinere det nasjonale arbeidet med berekraftsmål 2; Utrydde svolt, og har delansvar under fleire andre mål, mellom anna berekraftsmål 12; Ansvarleg forbruk og produksjon og mål 15; Livet på land. Status og nasjonal oppfølging av berekraftsmåla til FN er omtalt i del III.

Landbruks- og matdepartementet har vidare ei koordinerande rolle nasjonalt med oppfølging av det FN-initierte arbeidet med utvikling av eit meir berekraftig matsystem. Våren 2024 blei det levert ein statusrapport til FN om Noregs veg vidare for auka berekraft i det norske matsystemet. Rapporten samanfattar både hovudliner i regjeringa sitt arbeid med berekraftige matsystem og innspel frå ein nasjonal dialog hausten 2023, der aktørar frå 73 ulike organisasjonar i det norske matsystemet deltok.

Regjeringa vil setje ned eit offentleg utval om framtidas matsystem som ei oppfølging av Stortingets vedtak nr. 560 av 18. april 2024. Vedtaket blei fatta i samband med Stortingets handsaming av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket jf. Innst. 258 S (2023–2024).

Beredskapslager for matkorn og matmjøl

Klimaendringar og meir ekstremvêr i framtida kan påverke tilgangen på mat og gjere forsyningstryggleiken frå verdsmarknaden meir utfordrande. Uro i verdikjedene for matvarer og sikkerheitspolitiske kriser kan òg gjere matforsyninga meir utrygg.

I tråd med ambisjonane i Hurdalsplattforma etablerte regjeringa beredskapslagring av matkorn i 2024. Tiltaket bidreg til at befolkninga i Noreg har tilgang til forsyning av matkorn i ein krisesituasjon.

Staten skal eige kornet, som skal vere integrerte i det kommersielle lagerhaldet til marknadsaktørane. Lagera skal byggjast opp så raskt som råd med inntil 15 000 tonn korn per år. Målet er at det skal vere nok korn på lager til tre månaders forbruk innan 2029. Landbruksdirektoratet, som skal forvalte ordninga med beredskapslagring, inviterte til anbodsrunde våren 2024, og kontraktane for kjøp av korn i 2024 og 2025 og lagring 25 år framover i tid, er no underteikna.

For å bidra til auka matsikkerheit i Troms og Finnmark, har regjeringa òg prioritert midlar til etablering av eit beredskapslager for matmjøl i desse fylka.

Jordvernet styrkjer beredskapen

Dyrka mark er ein knapp ressurs. Ved å ta vare på dyrka mark, styrkjer ein beredskapen. Ny jordvernstrategi blei lagt fram for Stortinget i Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2023 m.m.).

Strategien har eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord som seier at omdisponering av dyrka mark skal vere maksimalt 2 000 dekar per år. Strategien inneheld nye og konkrete tiltak for å nå dette målet, og målet skal vere nådd innan år 2030. Regjeringa vil følgje opp den nye strategien.

Landbruket som del av løysinga for klima og miljø

Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at vi når dei nasjonale klima- og miljømåla. For ein samla omtale av prioriteringar på klima- og miljø, sjå Prop. 1 S (2024–2025) frå Klima- og miljødepartementet.

Eit aktivt landbruk over heile landet er ein føresetnad for å vareta kulturlandskapet med eit stort mangfald av naturtypar, kulturminne og kulturmiljø. Miljø- og klimasatsinga over jordbruksavtalen skal bidra til å halde ved lag kulturlandskapet og redusere miljøbelastninga. Regjeringa sin intensjonsavtale med organisasjonane i jordbruket om å arbeide for reduserte utslepp og auka opptak av karbon i jordbruket, ligg til grunn for klimaarbeidet i sektoren. Etableringa av Bionova er òg eit verktøy for å nå måla i klimaavtalen.

I jordbruksoppgjeret 2024 blei miljø- og klimainnsatsen i jordbruket styrkt ytterlegare. Denne satsinga skal bidra til å følgje opp klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket og til arbeidet med å nå andre miljømål, til dømes innan vassmiljø og kulturlandskap, bruk av beite og artsmangfald. Oppfølging av planen Helhetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv og tilskott til drenering, blei òg særskild prioritert i forhandlingane både i 2023 og 2024. Regjeringa arbeider med å ferdigstille nytt gjødselregelverk som var på høyring fram til sommaren 2024. Sentralt i regelverket er å sørgje for at gjødsel blir spreidd til rett tid, i rett mengd, og med rett kvalitet. Regjeringa vil etablere eit forvaltningsverktøy for forvaltning av nytt gjødselregelverk. Verktøyet vil òg vere til hjelp for at næring og forvaltning kan vareta plikt til rapportering mellom anna av resultat frå jordprøver.

Reduksjon av matsvinn er òg eit sentralt tiltak for auka berekraft og reduksjon av klimautslepp. Regjeringa vil følgje opp Matsvinnutvalget si utgreiing mellom anna ved å utarbeide ei matkastelovgiving og styrkje bransjeavtalen for reduksjon av matsvinn.

Regjeringa har òg mål om å auke CO2-opptaket i norsk skog. Igangsette og planlagde klimatiltak i skog og på anna areal, er omtalt i Klimastatus og -plan. Elles ligg Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030, til grunn for klimapolitikken for skog- og arealbrukssektoren. Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn omhandlar regjeringa sitt sektorovergripande arbeid med klimatilpassing for den enkelte sektor.

Meir berekraftig fôr

Matsikkerheita er under press som følgje av befolkningsvekst, auka press på areal og ressursar, klimaendringar og meir usikre forsyningsliner. Dei globale matsystema står for over éin tredel av klimagassutsleppa. Auka bruk av norske, berekraftige råvarer til fiskefôr og kraftfôr til husdyr vil vere viktig både for sjølvforsyning og for å redusere presset på klima og miljø.

På bakgrunn av dette har regjeringa lansert eit samfunnsoppdrag som har som mål at innan 2034 skal alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr komme frå berekraftige kjelder og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema. Samfunnsoppdraget skal bidra til å bevare naturmangfald, utvikle ein sterk fôringrediensindustri og auke forsyningssikkerheita i Noreg.

Regjeringa føreslår å styrkje innsatsen med totalt 15 mill. kroner i budsjettet for 2025 for å følgje opp samfunnsoppdraget. Midlane skal sikre framdrift og kontinuitet, og bidra til ei heilskapleg og koordinert FoUI-innsats som dekkjer heile utviklingsløpet frå idé til marknad. Innsatsen skal sjåast i samanheng med allereie igangsett arbeid med regelverksutvikling på området.

Bionova styrkjer klimaarbeidet i landbruket

Gjennom Bionova har regjeringa styrkt arbeidet med klimatiltak i landbruket og utviklinga av den sirkulære bioøkonomien. Bionova er eit viktig verktøy for grøn omstilling i landbruket og for omstilling til ein meir sirkulær bioøkonomi i næringslivet generelt. Bionova blei etablert i 2023 som ein del av Innovasjon Norge og er lagt til Innovasjon Norge sitt regionkontor i Brumunddal. Bionova forvaltar både midlar gjennom Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i jordbruksavtalen og løyving gitt på kap. 1152, post 70. Dei samla midlane Bionova forvaltar utgjer 410,2 mill. kroner for 2025.

Bionova skal bidra til reduserte klimagassutslepp og auka opptak og lagring av karbon i jord på gardsnivå, og til auka verdiskaping gjennom ein meir ressurseffektiv og sirkulær bioøkonomi. Tilsegnsfullmakt og løyving knytt til Bionova har gradvis blitt auka sidan etableringa. For 2025 blir Bionova styrkt gjennom Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i jordbruksavtalen og det blir gitt ei auka ramme på 10,0 mill. kroner til utvikling av norsk biodrivstoffproduksjon.

Eit sterkt importvern er avgjerande for landbrukspolitikken

Regjeringsplattforma set ambisiøse mål for norsk landbruk og matindustri. Eit solid importvern er ein føresetnad for å nå måla om auka sjølvforsyning, betre inntektsmoglegheiter og landbruk over heile landet. Dette ligg til grunn for forvaltninga av importvernet og marknadsordningane i jordbruket. For å styrkje tollvernet blei tollen lagt om frå kronetoll til prosenttoll for potet og potetråvarer, heil issalat, kålrot, knollselleri og raudbetar frå 1. januar 2024. For potet og potetråvarer blei det vedteke ein overgangsperiode fram til 1. september 2024.

Regjeringa forhandlar om rammevilkår for handel med jordbruksvarer i WTO, EØS og som ein del av EFTA. I slike forhandlingar legg regjeringa vekt på at det ikkje blir gitt konsesjonar for sensitive norske jordbruksvarer som til dømes meieri- og kjøttvarer. Regjeringa legg vidare vekt på retten til å innføre tiltak som påverkar handelen av omsyn til folke-, plante- og dyrehelse.

Straumstønaden reduserer kostnadene i jordbruket

Primærprodusentar i jordbruket og veksthusnæringa fekk ei ordning med straumstønad frå desember 2021. Formålet med ordninga er å bidra til at norsk matproduksjon og produksjon i veksthus kan halde fram trass i dei ekstraordinære, høge utgiftene til straum. Ordninga med straumstønad til jordbruk, veksthus og vatningslag blir vidareført ut 2025. Dette gir føreseielege rammer for næringa, og sikrar norsk matproduksjon framover.

Ordninga har ei stønadsgrad på 80 pst. opp til forbruk på 60 000 kWt per føretak per månad. Denne grensa er sett for å dekkje eit rimeleg og normalt forbruk av straum for både næring og privat forbruk på eit «vanleg» gardsbruk. For stønad til veksthus og vatningslag er det inga maksimalgrense.

Dyrevelferda og plante- og dyrehelsa skal varetakast

Dyrevelferda og plante- og dyrehelsa skal vere god. Dette er avgjerande for at bøndene skal kunne produsere trygg mat og for omdømmet til matproduksjonen.

Regjeringa arbeider med ei ny dyrevelferdsmelding som skal gjelde for alle dyr som er omfatta av dyrevelferdslova, inkludert fisk. Ny kunnskap om dyrevelferd og utviklinga i norsk dyrehald, husdyrproduksjon og havbruk står sentralt i arbeidet. Mattilsynet har ei viktig rolle med å overvake dyrevelferda og å utvikle regelverket. Innsatsen på dette området har blitt styrkt dei siste åra. Regjeringa føreslår å styrkje budsjettet til Mattilsynet for 2025, slik at det står betre rusta til å løyse sine viktige samfunnsoppgåver på fleire område, mellom anna knytt til akvakultur, matsvinn og dyrevelferd.

Helsesituasjonen i norsk husdyrhald er god. Samtidig har det dei siste åra vore fleire utbrott av smittsam dyresjukdom, som viser behovet for kontinuerleg arbeid, overvaking og god beredskapsevne. Også plantehelsa er god, men meir import av planter og plantemateriale aukar risikoen for nye sjukdommar og skadegjerarar. Tilsyn med kontrollrutinane hos importørane er difor viktig. Mattilsynet arbeider med planverk og tiltak, overvakar og handterer hendingar på plante- og dyrehelseområdet. Dette arbeidet er avgjerande for å styrkje og bevare den gode plante- og dyrehelsa i Noreg.

Det er mangel på veterinærtenester i jordbruket. God tilgang på slike tenester er vesentleg av omsyn til dyrehelsa, dyrevelferda, mattryggleiken og landbruk i heile landet. På oppdrag frå departementet har ei arbeidsgruppe laga ei utgreiing. Det blir arbeidd med fleire av råda i utgreiinga, og det er tildelt midlar til eit omfattande pilotprosjekt som skal bidra til å få nyutdanna til å etablere seg i produksjonsdyrpraksis i distrikta. Ein viktig del av prosjektet er mellom anna å etablere ei mentorordning for veterinærar.

Kampen mot villsvin i Noreg

Villsvin er ein framand art i Noreg, og er i dag etablert i grensestroka frå Halden i sør til Elverum i nord. Bestanden er på usikkert grunnlag rekna til å vere på om lag 1500 dyr, og det er i dei siste åra blitt felt om lag 400 villsvin i året. Utbrottet av den alvorlege sjukdomen afrikansk svinepest i Sverige 6. november 2023, var sentralt då regjeringa fatta nytt mål om å utrydde villsvin i Noreg. Mattilsynet og Miljødirektoratet har spelt inn forslag til forsterka innsats som kan bidra til å nå det nye målet.

Departementet har i 2024 forbetra ordninga med godtgjersle for mellom anna innlevering av prøver frå skotne villsvin til Veterinærinstituttet. Vidare er det gjennom jordbruksoppgjeret i 2024 for 2025 lagt inn forsterka innsats mot villsvin. Regjeringa vil styrkje kampen mot villsvin ytterlegare i 2025 med 2,0 mill. kroner. Mattilsynet og Landbruksdirektoratet vil følgje opp på sine ansvarsområde.

Næringsmiddelindustrien og jordbruket

Det er om lag 40 000 arbeidsplassar i næringsmiddelindustrien i Noreg. Mange av verksemdene ligg i distrikta, og har stor verdi for verdiskaping, sysselsetjing og busetjing.

Jordbruket er avhengig av ein livskraftig næringsmiddelindustri for å kunne foredle råvarer. Samtidig er industrien avhengig av norske råvarer i produksjonen. Til saman dekkjer jordbruket og industrien heile verdikjeda for matproduksjon. Regjeringa har vedteke å utarbeide ei stortingsmelding for industrien som skal leggjast fram i 2025. Meldinga vil òg leggje rammer for utviklinga av næringsmiddelindustrien. I tråd med Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, skal regjeringa leggje fram eit vegkart for næringsmiddelindustrien. Vegkartet skal bidra til å leggje til rette for ein robust, innovativ og marknadsretta industri som avtakar av norske råvarer. I budsjettet for 2025 prioriterer regjeringa å opprette ei tilskottsordning for næringsmiddelbedrifter i Troms og Finnmark på 14,0 mill. kroner. Formålet med ordninga er å oppretthalde forsyningssikkerheita for mat i desse fylka gjennom tilskott til næringsmiddelbedrifter som brukar landbaserte råvarer i produksjon.

Importvernet for jordbruksvarer bidreg til å oppretthalde ein levedyktig industri. Auka konkurranse stiller samtidig krav til omstillingsevne, effektivisering og innovasjon i verksemdene. Jordbruksavtalen har ordningar som skal kompensere for prisforskjellar på jordbruksråvarer mellom Noreg og utlandet, slik at næringsmiddelindustrien i Noreg kan produsere og omsetje industrielt foredla jordbruksvarer basert på norskproduserte jordbruksråvarer.

Matnasjonen Noreg

Matnasjonen Noreg er ei felles ramme for arbeid med næringsutvikling og verdiskaping innan verdikjeda for mat, basert på ressursar frå hav og land. Dette arbeidet held fram i 2025.

Auka verdiskaping i jordbruket gjennom mangfaldige, synlege og tilgjengelege norske produkt og matspesialitetar, er lagt vekt på i arbeidet med Matnasjonen Noreg. Det er eit mål å auke omsetjinga av lokalmat vesentleg i åra framover. I 2024 vil regjeringa leggje fram ei Oppskrift for lokalmat og drikke som skal peike ut retninga for vidare utvikling i lokalmat- og drikkenæringa. Arbeidet med å byggje heilskaplege mat- og reiselivsregionar, blir særskild følgt opp gjennom Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping og gjennom nasjonale og regionale samarbeidsarenaer og verkemiddel.

Skogen skaper verdiar

Regjeringa la i 2023 fram eit oppdatert Veikart 2.0 Grønt industriløft, der skog- og trenæringa og anna bioøkonomi er eitt av satsingsområda. Bioressursane frå hav og land skal bli brukte til klimavenlege og lønsame produkt, inkludert biodrivstoff, og bidra til å utvikle industriarbeidsplassar og lange verdikjeder i Noreg.

Eit berekraftig skogbruk, saman med ein lønsam foredlingsindustri, gir positive nærings-, energi- og klimabidrag. Hovudprioriteringane er betre infrastruktur for transport av tømmer, auka planting, gjødsling av skog, ungskogpleie og skogplanteforedling for større produksjon av trevirke og auka opptak av CO2 i skogen. Målet er at skogbruket skal kunne gi større bidrag til verdiskaping og grøn omstilling av økonomien.

Haustbare viltressursar, rekreasjon og næringsutvikling

Regjeringa vil leggje til rette for ei berekraftig forvaltning av dei haustbare viltartane og gode rammer for jakt og fangst. Landbruks- og matdepartementet sendte sommaren 2024 eit forslag til ny viltressurslov på høyring. Siktemålet er å leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget i 2025. Overordna prioriteringar framover vil, utover å følgje opp arbeidet med viltressurslova og føresegner til lova, vere å leggje til rette for ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning av viltet og leveområda deira. Det vil òg bli lagt vekt på arbeid for å redusere motsetningar mellom vilt og andre samfunnsinteresser. I tillegg vil det bli lagt til rette for næringsutvikling knytt til jakt, jaktopplevingar og viltkjøtt. God samhandling mellom ulike styresmakter og aktørar i viltforvaltninga er sentralt for dette arbeidet. Regjeringa har vedteke å flytte direktoratsansvaret for haustbare viltressursar frå Miljødirektoratet i Trondheim til Landbruksdirektoratet i Steinkjer. Endringa blir sett i verk frå 1. januar 2025.

Ei berekraftig reindriftsnæring

Reindriftsnæringa nyttar marginale utmarksressursar og er avgjerande for å bevare samisk kultur og språk. I heile verdikjeda frå vidde til bord har det vore ei positiv utvikling dei siste åra. Utviklinga i prisen per kg. kjøtt til reineigaren har vore svært god i perioden fram til 2022. Potensialet for auka inntening i og i tilknyting til reindrifta, er framleis stort. Dette gjeld særleg innanfor vidareforedling av reinkjøtt, det reindriftsbaserte reiselivet og lærings- og omsorgsbaserte tenester. Marknadssituasjonen for reinkjøtt har i seinare tid blitt meir krevjande. I denne situasjonen er det avgjerande at ein nyttar dei etablerte ordningane over reindriftsavtalen på ein god måte for å legge til rette for ei god utvikling i marknaden til reinkjøtt.

Reindriftsavtalen 2024/2025 legg til rette for vidareutvikling av ei berekraftig næring. Viktige prioriteringar er dei direkte tilskotta, varetaking av reindrifta sine areal, klimatilpassing og beredskap. Avtalen vidarefører prioritering av dei som har reindrift som hovudverksemd.

Ei berekraftig reindrift er avhengig av naudsynte areal. Areal er ein knapp ressurs, og det er ein aukande konkurranse om areala. Konfliktnivået mellom reindrift og utbyggingsinteresser, til dømes fornybar energi, har dei siste åra vore høgt. Særleg har dette vore tydeleg etter Høgsterett sin dom i Fosen-saken. I desember 2023 la regjeringa fram ei tiltakspakke for reindrift og energi, som skal bidra til å redusere konfliktnivået. Tiltakspakka skal leggje til rette for betre varetaking av reindrifta sine areal ved utbygging av energi, og omfattar 24 ulike tiltak, på ulike departement sine område. Tiltakspakka omfattar òg tiltak for rovvilt i reindriftsområda. Tap av rein til rovvilt er ei vedvarande utfordring, og saman med anna arealbruk i beiteområda bidreg rovvilt til å redusere moglegheitene for fleksibilitet i bruken av beiteområda.

Reindrifta er ei næring som i stor grad blir påverka av klimaendringane. Årlege hendingar med låste beite i store område gir eit behov for langsiktig klimatilpassing i reindrifta, samstundes som ein må handtere beitekrisene som oppstår. Dette er avgjerande for å nå målet om ei berekraftig reindrift som har god produksjon og lønsemd.

Oppgjeret til pelsdyrbøndene skal sluttførast

Regjeringa legg stor vekt på at erstatningsoppgjeret etter avvikling av hald av pelsdyr skal bli sluttført på ein god og rett måte. I løpet av 2024 vil det bli utforma så mange endelege tilbod som mogleg, men dette arbeidet vil òg gå føre seg i 2025. I 2025 vil det òg bli arbeidd med andre ordningar som mellom anna kompensasjon for riving og opprydding.

For å avgrense konsekvensane av forseinkingar i erstatningsoppgjera er det gitt tilbod om forskott basert på 90 pst. av ein førebels berekna bruksverdi, eller 75 pst. av takstverdi der det har vore innhenta takst på oppdrag frå Norges Pelsdyralslag.

Dei genetiske ressursane må forvaltast godt

Klimaendringar og press på ressursgrunnlaget er ein trussel mot målet om auka matproduksjon. Desse utfordringane krev gode tilpassingar i landbruket. Dei genetiske ressursane hos husdyr og matvekstar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon.

God forvaltning av dei genetiske ressursane gjennom bruk og vern er avgjerande for å ta vare på det genetiske forrådet for mat- og landbruksproduksjon i framtida. Departementet vil følgje opp den nasjonale tiltaksplanen for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk. Tiltaksplanen inneheld prioriteringar for det vidare arbeidet, og viser kva rolle og oppgåver dei ulike aktørane har.

Eigedomslovgivinga legg til rette for eit levande landbruk

Regjeringa vil at matjorda skal bli brukt til matproduksjon, og vil leggje til rette for eit levande landbruk i heile landet gjennom verkemidla i eigedomslovgivinga. Regjeringa vil i 2025 halde fram med lovutviklingsarbeidet som er sett i gang. Det gjeld mellom anna forslag til endringar i konsesjonslova og arbeidet med ein gjennomgang av jordlova.

Landbruk i nord gir god beredskap

Det er avgjerande for nasjonal matforsyning, beredskap, sysselsetjing og busetjing at vi har matproduksjon i alle delar av landet. Landbruk og landbruksbasert verksemd har stor verdi for verdiskaping og sysselsetjing i mange kommunar i Nord-Norge. Regjeringa sin nordområdepolitikk har mellom anna som mål å snu den negative befolkningsutviklinga, utnytte dei lokale verdiane til å skape vekst og bidra til grøn omstilling. Ved jordbruksoppgjeret i 2024 blei satsane for Nord-Norge auka i fleire av tilskottsordningane over jordbruksavtalen. Investeringsverkemidla blei og styrkt ved oppgjeret. For dei tre nordlegaste fylka er det ikkje eit øvre tak på kor stort kronebeløp som kan utbetalast per søkjar, slik det er i andre delar av landet.

I jordbruksoppgjeret i 2022 blei det semje om å etablere ei særskild satsing for å mobilisere næring, kompetansemiljø og verkemiddelapparat for å bremse den negative utviklinga i landbruket i nord, Bærekraftig matproduksjon og verdiskaping i nord. Satsinga skal òg bidra til auka utnytting av regionale fortrinn og moglegheiter knytte til det arktiske landbruket. I jordbruksoppgjeret i 2024 blei denne satsinga styrkt ytterlegare. Det blei òg lagt opp til ei styrking av tilskott som direkte bidreg til å betre produsentøkonomien i landsdelen. Innanfor denne satsinga skal det gjennomførast ei prøveordning med teigbasert tilskott i utvalde kommunar i Nord-Norge. Frå 2025 blir det i tillegg oppretta ei tilskottsordning for næringsmiddelbedrifter i Troms og Finnmark, jf. omtale ovanfor.

Kunnskap er ein føresetnad for eit berekraftig landbruk

Norsk landbruk er ei kunnskapsintensiv og kompetansekrevjande næring. Landbruks- og matdepartementets midlar til forsking og innovasjon gir viktige bidrag til eit berekraftig landbruk og dei overordna måla i landbruks- og matpolitikken. Dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta er sentrale i å utvikle relevant kunnskap til næring og forvaltning. Vidare vil rekruttering til landbruksutdanningane, på alle nivå, vere avgjerande for at næringa skal ha tilgang til naudsynt kompetanse. I tillegg er det avgjerande at kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning, slik at resultata frå forsking blir tekne i bruk.

Forsking og ny kunnskap skal bidra til sunn og trygg mat basert på norske ressursar og til auka sjølvforsyning i tråd med ambisjonane i Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Samstundes skal landbruket tilpassast eit klima i endring, klimagassutsleppa frå jordbruket reduserast, opptaket av karbon aukast og miljøet varetakast. Ny kunnskap legg òg grunnlaget for auka produktivitet og best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar og auka verdiskaping i dei landbaserte bionæringane.

Aktivt statleg eigarskap

Eigarskapsmeldinga til regjeringa, Meld. St. 6 (2022–2023) Eit grønare og meir aktivt eigarskap, viser korleis statleg eigarskap kan bidra til høgast mogleg avkasting og gode tenester, samstundes som selskapa driv ansvarleg og bidreg til det grøne skiftet. Det statlege eigarskapet skal utøvast meir aktivt for å fremje fellesskapen sine interesser knytte til klima og berekraft, løns- og arbeidsforhold, lokale ringverknader, verdiskaping i heile landet, læreplassar, kamp mot sosial dumping og moderasjon i leiarlønningar.

Landbruks- og matdepartementet forvaltar eigarskapet i tre selskap; Statskog SF, Kimen Såvarelaboratoriet AS og Graminor AS. Statskog SF er det største av desse, og det einaste som er heileigd av staten. Det er sektorpolitiske omsyn som ligg til grunn for eigarskapet i desse selskapa. For Statskog SF er det energi- og naturressursar og fellesgode som ligg til grunn for eigarskapet, mens det for Kimen Såvarelaboratoriet AS og Graminor AS er knytt opp mot samfunnstryggleik og beredskap.

Internasjonalt samarbeid

Dei store globale utfordringane med ustabile forsyningar og klima- og miljøkriser, krev eit forpliktande internasjonalt samarbeid.

Noreg har eit ansvar for å bidra til global matsikkerheit, både gjennom eigen produksjon og ved å støtte opp om internasjonalt arbeid på området. Regjeringa har dei globale berekraftsmåla som utgangspunkt for sitt internasjonale engasjement i dette arbeidet. Matsikkerheit er prioritert i utviklingspolitikken, både multilateralt og bilateralt.

Noreg er aktivt med i ei rekkje internasjonale forum på landbruks- og matområdet, både innanfor og utanfor FN-systemet. Mandatet for FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO) omfattar global matsikkerheit, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar. Auka utfordringar for matsikkerheit globalt inneber stor merksemd på FAOs mandat. Noreg følgjer aktivt opp arbeidet i organisasjonen. Noreg er i 2024 gjesteland i G20 under Brasils formannskap, og er mellom anna med i ei arbeidsgruppe for landbruk. Vektlegging av familielandbruket som modell for berekraftig utvikling og styrking av rammeverket rundt FNs tiår for familielandbruk er tydelege ambisjonar for Brasil. Ei overordna prioritering for Brasil er kampen mot fattigdom og svolt, berekraftig utvikling og reform av globale institusjonar.

Innanfor skogområdet deltek Noreg i skogforumet til FN (UNFF) som har sett mål for forvaltning av skogane i verda, og legg overordna premissar for berekraftig skogforvaltning globalt.

Noreg har vidare slutta seg til ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, mattryggleik, plante- og dyrehelse, skog, klima og forsking.

Regelverket på matområdet blir i stor grad utforma i samsvar med internasjonal utvikling. Noreg deltek i WTO/SPS-avtalen, som regulerer medlemsstatane si moglegheit til å vedta tiltak for å verne om folke-, dyre- og plantehelse, og i dei standardsetjande organa Codex Alimentarius Commission (Codex), Verdas dyrehelseorganisasjon (WOHA) og i Verdas plantehelseorganisasjon (IPPC).

Gjennom EØS-avtalen er det etablert eit omfattande harmonisert regelverk på matområdet, mellom anna for mat, dyr og innsatsvarer. Regelverket på matområdet utgjer ein stor del av regelverket som blir teke inn i EØS-avtalen.

2 Oversikt over budsjettframlegget for Landbruks- og matdepartementet

Utgifter fordelte på programkategoriar

(i 1 000 kr)

Kat.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Budsjettets stilling pr. 1. halvår

Forslag 2025

15.00

Administrasjon m.m.

197 495

198 942

200 942

207 993

15.10

Matpolitikk

1 701 608

1 701 715

1 706 715

1 765 289

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

902 138

891 621

892 621

938 790

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

26 558 827

28 579 586

29 329 286

30 588 967

Sum programområde 15

29 360 068

31 371 864

32 129 564

33 501 039

Inntekter fordelte på programkategoriar

(i 1 000 kr)

Kat.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Budsjettets stilling pr. 1. halvår

Forslag 2025

15.00

Administrasjon m.m.

158

141

141

146

15.10

Matpolitikk

219 419

218 729

218 729

239 446

15.20

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

19 915

20 935

20 935

21 437

15.30

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

377 435

375 584

369 584

394 611

15.40

Forretningsdrift

127 868

44 400

204 500

53 800

Sum programområde 15

744 795

659 789

813 889

709 440

Programområde 15.00

Programområde 15.00 Administrasjon m.m. omfattar drift av Landbruks- og matdepartementet og diverse andre løyvingar forvalta av departementet. Forslag til utgiftsløyving under denne kategorien utgjer 208,0 mill. kroner som er ein auke med 4,5 pst. frå saldert budsjett 2024. Endringane gjeld stort sett løns- og prisjusteringar, og at budsjettet auka i samband med at departementet har fått ansvar for å følgje opp staten si plikt til å få tak i tilleggsareal for vinterbeite for reindrifta i Sør-Fosen og Nord-Fosen sijte.

Programområde 15.10

Programområde 15.10 Matpolitikk omfattar løyving til Mattilsynet og Veterinærinstituttet. Forslag til utgiftsløyving under denne kategorien utgjer 1 765,3 mill. kroner, som er ein auke med 3,7 pst. frå saldert budsjett 2024. Endringane gjeld stort sett løns- og prisjusteringar og ei styrking av Mattilsynets budsjett. Sjå omtale av programkategorien i del II av proposisjonen.

Programområde 15.20

Programområde 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling omfattar løyving til Norsk institutt for bioøkonomi, andre løyvingar til forsking og innovasjon i landbruks- og matsektoren. Forslag til utgiftsløyving under denne kategorien utgjer 938,8 mill. kroner som er ein auke med 5,3 pst. frå saldert budsjett 2024. Endringane gjeld stort sett løns- og prisjusteringar i tillegg til tekniske justeringar av løyvinga i samband med bruttobudsjettering av Noregs forskingsråd og auka løyving til næringsretta matforsking. Sjå omtale av programkategorien i del II av proposisjonen.

Programområde 15.30

Programområde 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak er den største programkategorien under Landbruks- og matdepartementet. Programkategorien omfattar løyvingane til gjennomføring av jordbruksavtalen og reindriftsavtalen. Andre større område som inngår er løyving til drift av Landbruksdirektoratet og diverse tilskottsordningar forvalta av direktoratet, løyving til Bionova og naturskadeerstatningar. Forslag til løyving under denne kategorien utgjer 30 589,0 mill. kroner, som er ein auke med 7,0 pst. frå saldert budsjett 2024. Auken gjeld stort sett inngått jordbruks- og reindriftsavtale, i tillegg til løns- og prisjusteringar. I motsett retning trekk straumstønadsordninga for landbruket, der det er venta lågare behov for løyving i 2025 på grunn av lågare straumprisar, i tillegg til mindre behov for løyving til kompensasjon og omstilling etter avvikling av pelsdyrhald. Sjå omtale av programkategorien i del II av proposisjonen.

Programområde 15.40

Programområde 15.40 Forretningsdrift omfattar inntektsløyvingar frå avdrag, renter og utbytte i Statskog SF.

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Statens eigne driftsutgifter

2 102 462

2 188 196

2 312 665

5,7

30–49

Nybygg, anlegg o.a.

15 619

15 904

15 786

-0,7

50–89

Overføringar til andre

27 241 987

29 167 764

31 172 588

6,9

Sum under departementet

29 360 068

31 371 864

33 501 039

6,8

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post- gr.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

01–29

Sal av varer og tenester

276 887

266 404

289 653

8,7

30–49

Inntekter i samband med nybygg, anlegg o.a.

19 915

20 935

21 437

2,4

50–89

Overføringar frå andre

437 993

362 450

388 350

7,1

90–99

Attendebetalingar o.a.

10 000

10 000

10 000

0,0

Sum under departementet

744 795

659 789

709 440

7,5

3 Oppfølging av oppmodings- og utgreiingsvedtak

Tabell 3.1 viser ei oversikt over oppfølginga av oppmodings- og utgreiingsvedtak under Landbruks- og matdepartementet.

I siste kolonne i tabellen nedanfor går det fram om departementet legg opp til at rapporteringa på oppmodingsvedtaket no blir avslutta, eller om departementet òg vil rapportere på vedtaket i budsjettproposisjonen for neste år.

Tabell 3.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer

Sesjon

Vedtak nr.

Stikkord

Rapportering blir avslutta (Ja/Nei)

2023–2024

851

Meir bruk av norskprodusert grovfôr

Ja

2023–2024

850

Tiltakspakke for å redusere jordbruksareal ute av drift

Nei

2023–2024

847

Prinsipp for berekning av inntekt i jordbruket

Nei

2023–2024

846

Prisutjamningsordninga for mjølk

Nei

2023–2024

571

Timetal per årsverk i jordbruket

Ja

2023–2024

569

Gjennomgang av tilskottsystemet i jordbruket

Nei

2023–2024

568

Drift av krevjande areal

Ja

2023–2024

567

Revidert strategi for økologisk landbruk

Nei

2023–2024

566

Plan for meir plantebasert mat

Nei

2023–2024

565

Mål om sjølvforsyning

Ja

2023–2024

560

Offentleg utgreiing om framtidas matsystem

Ja

2022–2023

928

Oppheve lov om endring av jordlova

Ja

2022–2023

867

Bruk av kart i tilskottsystemet

Ja

2022–2023

866

Strategi for auka sjølvforsyning og trygg matproduksjon

Ja

2022–2023

702

Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet

Nei

2022–2023

701

Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet

Nei

2022–2023

700

Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet

Nei

2022–2023

545

Donasjon av overskottsmat til velgjerande formål frå cruiseskip og skipshandlarar

Ja

2022–2023

519

Innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdiar i norsk skog

Nei

2022–2023

95

Utval matkastelov

Nei

2021–2022

754

Bransjeavtalar for biogassproduksjon

Nei

2021–2022

381

Melding til Stortinget om dyrevelferd som byggjer på oppdatert kunnskap

Nei

2021–2022

382

Dyrevelferda i svinenæringa

Nei

2021–2022

383

Konkrete tiltak i melding til Stortinget om dyrevelferd

Nei

2021–2022

384

Alternativ til CO2-bedøving av dyr

Nei

2021–2022

35 – nr. 29

Inntektsgap

Ja

2020–2021

1134

Viltlova – utgreiing av omgrepet «kunstig lys»

Ja

2017–2018

489

Fremje forslag til ein matkastelov

Nei

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2023–2024

Meir bruk av norskprodusert grovfôr

Vedtak nr. 851, 21. juni 2024:

«Stortinget ber regjeringen stimulere til mindre bruk av kraftfôr og mer bruk av norskprodusert grovfôr.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjeret 2024, jf. Innst. 448 S (2023–2024).

Regjeringa har lansert eit målretta samfunnsoppdrag om berekraftig fôr som samlar næringsaktørar, avgjerdstakarar og forskingsmiljø i eit blågrønt utviklingsarbeid. Målet for oppdraget er at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr innan 2034 skal komme frå berekraftige kjelder og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema. Samfunnsoppdraget skal bidra til å bevare naturmangfald, utvikle ein sterk fôringrediensindustri og auke forsyningssikkerheita i Noreg. Auka del norskproduserte råvarer i kraftfôr til husdyr, og auka kvalitet og del grovfôr i fôrrasjonen til drøvtyggjarar er blant delmåla for samfunnsoppdraget.

Vedtaket blir òg følgt opp i dei årlege jordbruksoppgjera, mellom anna er beitetilskotta auka for å gjere det meir lønsamt å ha dyr på beite. Den 8. mars 2024 la regjeringa fram Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Regjeringa sin strategi er delt inn i tiltak retta mot styrkt konkurransekraft, styrkt planteproduksjon til mat og fôr og tiltak for å oppretthalde dagens høge sjølvforsyningsgrad på husdyrprodukt. Alle tiltak i jordbrukspolitikken framover må vurderast opp mot korleis desse påverkar målet som er sett om auka sjølvforsyning. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 851, 21. juni 2024 med dette er følgt opp.

Tiltakspakke for å redusere jordbruksareal ute av drift

Vedtak nr. 850, 21. juni 2024:

«Stortinget ber regjeringen frem til jordbruksoppgjøret for 2025 utrede en tiltakspakke for å redusere jordbruksareal som er ute av drift.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjeret 2024, jf. Innst. 448 S (2023–2024).

Regjeringa vil følgje opp vedtaket i jordbruksoppgjeret 2025, og vil komme tilbake til Stortinget i proposisjonen om jordbruksoppgjeret 2025.

Prinsipp for berekning av inntekt i jordbruket

Vedtak nr. 847, 21. juni 2024:

«Stortinget ber regjeringen innen februar 2025 på nytt komme tilbake med egen sak med forslag til prinsipper for beregning av inntekt i jordbruket og sammenligning med andre grupper, for å sikre demokratisk forankring av tallgrunnalet til bruk i jordbruksoppgjørene og legitimitet til forhandlingsinstituttet.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjeret 2024, som eit laust forslag til Innst. 448 S (2023–2024).

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Prisutjamningsordninga for mjølk

Vedtak nr. 846, 21. juni 2024:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at ny markedsordning for melk har fungert minst ett år, før det vurderes å gjennomføre reduksjon av de konkurransefremmende tiltakene i prisutjevningsordningen for melk.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjeret 2024, som eit laust forslag til Innst. 448 S (2023–2024).

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Timetal per årsverk i jordbruket

Vedtak nr. 571, 18. april 2024:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at timetall pr. årsverk i jordbruket trappes ned i like deler til 1750 timer fram til 2027.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).

Den inngåtte jordbruksavtalen i 2024 tek første steg i nedtrappinga av tal timar i eit årsverk i jordbruket til 1 750 timar i 2027, ved å redusere timetalet frå 1 845 timar i 2024 til 1 810 timar i 2025. Regjeringa vil følgje opp vedtaket vidare i jordbruksoppgjeret 2025. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 571, 18. april 2024 med dette er følgt opp.

Gjennomgang av tilskottsystemet i jordbruket

Vedtak nr. 569, 18. april 2024:

«Stortinget ber regjeringen gå gjennom tilskuddssystemet for å vurdere om overføringene til jordbruket fører til en styrking av norsk selvforsyning, og at mer jord i Norge tas i bruk til matproduksjon.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).

Dei årlege jordbruksoppgjera inneber ein gjennomgang av alle tilskottsordningane i jordbruket, med sikte på å styrkje produksjonen av norske jordbruksprodukt og jordbruk over heile landet. I Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjøret 2024 er det ei eiga liste over tiltak i jordbruksavtalen som særskild bidreg til auka sjølvforsyning. I jordbruksoppgjeret 2024 blei det i tillegg nedsett ei arbeidsgruppe som skal ha ein større gjennomgang av verkemidla innanfor kornsektoren sett i lys av ambisjonane om å auke sjølvforsyningsgraden og Stortingets handsaming av Meld. St. 11 (2023–2024). Satsinga på landbruket i Nord-Noreg blei òg styrkt for å bremse den negative utviklinga, og for å bidra til auka utnytting av regionale fortrinn og moglegheiter. I Meld. St. 11 (2023–2024) står det at alle tiltak i jordbrukspolitikken framover må vurderast opp mot korleis dei påverkar målet om auka sjølvforsyning. Vidare har regjeringa starta arbeidet med å utnemne eit offentleg utval som skal lage ei utgreiing om framtidas matsystem. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Drift av krevjande areal

Vedtak nr. 568, 18. april 2024:

«Stortinget ber regjeringen utrede og prøve ut et teigbasert system, eller tilsvarende, som skal bidra til drift av krevende areal.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).

I jordbruksoppgjeret 2024 blei partane samde om at det, innanfor ordninga Bærekraftig matproduksjon og verdiskaping i nord, skal setjast i gang ei prøveordning med eit teigbasert tilskott i utvalde kommunar med stor del areal som det ikkje blir søkt tilskott for. Formålet med prøveprosjektet er å hindre attgroing av areal, og målet er å lage gode system og prøve ut ordningar som kan forvaltast på ein god måte. Landbruksdirektoratet er i gang med å utforme ei slik ordning, som etter planen skal setjast i gang frå 1. januar 2025. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 568, 18. april 2024 med dette er følgt opp.

Revidert strategi for økologisk landbruk

Vedtak nr. 567, 18. april 2024:

«Stortinget ber regjeringen revidere strategien for økologisk landbruk i 2024.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).

Landbruks- og matdepartementet arbeider med å revidere strategien, med sikte på at den tek til å gjelde i løpet av våren 2025, og regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Plan for meir plantebasert mat

Vedtak nr. 566, 18. april 2024:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget våren 2025 med en plan for mer plantebasert mat, hvor målet er at den samlede norske plantebaserte produksjonen skal styrkes og sammenhengen mellom de ulike leddene i verdikjeden skal økes.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).

I medhald til Meld. St. 11 (2023–2024), skal alle tiltak i jordbrukspolitikken framover vurderast opp mot korleis dei påverkar målet om auka sjølvforsyning. I Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjøret 2024, er det ei eiga liste over tiltak i jordbruksavtalen som særskild bidreg til auka sjølvforsyning. Landbruks- og matdepartementet arbeider med å følgje opp punkta på denne lista. Vidare har regjeringa starta arbeidet med å utnemne eit offentleg utval som skal lage ei utgreiing om framtidas matsystem. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med ein plan våren 2025.

Mål om sjølvforsyning

Vedtak nr. 565, 18. april 2024:

«Stortinget ber regjeringen arbeide etter et mål om at 50 pst. selvforsyning, korrigert for import av fôr, skal nås innen 2030.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).

I medhald til Meld. St. 11 (2023–2024), skal alle tiltak i jordbrukspolitikken framover vurderast opp mot korleis dei påverkar målet om auka sjølvforsyning. I Prop. 105 S (2023–2024) Jordbruksoppgjøret 2024, er det ei eiga liste over tiltak i jordbruksavtalen som særskild bidreg til auka sjølvforsyning. Landbruks- og matdepartementet arbeider kontinuerleg med å følgje opp punkta på denne lista, og regjeringa vil arbeide etter eit mål om 50 pst. sjølvforsyning, korrigert for import av fôr, skal bli nådd innan 2030. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 565, 18. april 2024 med dette er følgt opp.

Offentleg utgreiing om framtidas matsystem

Vedtak nr. 560, 18. april 2024:

«Stortinget ber regjeringen snarest mulig starte arbeidet med en offentlig utredning som kan legge grunnlag for en stortingsmelding om fremtidens matsystemer, der folkehelse, klima, natur og landbruks- og matpolitikk blir satt i sammenheng.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S (2023–2024).

Regjeringa vil snarleg setje ned eit offentleg utval som skal følgje opp Stortingets vedtak. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 560, 18. april 2024 med dette er følgt opp.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2022–2023

Oppheve lov om endring av jordlova

Vedtak nr. 928, 16. juni 2023:

«Stortinget ber regjeringen legge frem forslag om å oppheve lov om endring av jordlova (oppheve forbudet mot nydyrking av myr).»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsløyvingar og omprioriteringar i statsbudsjettet 2023, jf. Innst. 490 S (2022–2023).

Regjeringa la 5. april 2024 Prop. 79 L (2023–2024) Lov om endringer i viltloven mv. (endret betegnelse på organ i viltforvaltningen og oppheving av lovvedtak om nydyrking og nedbygging av myr) fram for Stortinget. Stortinget handsama proposisjonen 28. mai 2024, jf. Innst. 331 L (2023–2024). Lov 11. juni 2021 nr. 82 om endring av jordlova er med dette oppheva. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 928, 16. juni 2023 med dette er følgt opp.

Bruk av kart i tilskottssystemet

Vedtak nr. 867, 16. juni 2023:

«Stortinget ber regjeringen, i dialog med faglagene, utrede hvordan bruk av datakart kan sikre høyere presisjon i tildeling av tilskuddsmidler og målrette arealtilskudd mot arealer som ligger brakk, som for eksempel et teigbasert tilskudd. Utredningen skal være klar før de ordinære jordbruksforhandlingene i 2024.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 121 S (2022–2023) Jordbruksoppgjøret 2023, jf. Innst. 487 S (2022–2023).

I jordbruksoppgjeret 2024 blei partane samde om at det, innanfor ordninga Bærekraftig matproduksjon og verdiskaping i nord, skal settjast i gang ei prøveordning med eit teigbasert tilskott i utvalde kommunar med stor del areal som det ikkje blir søkt tilskott for. Formålet med prøveprosjektet er å hindre attgroing av areal, og målet er å lage gode system og prøve ut ordningar som kan forvaltast på ein god måte. Landbruksdirektoratet er i gang med å utforme ei slik ordning, som etter planen blir sett i gang frå 1. januar 2025. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 867, 16. juni 2023 med dette er følgt opp.

Strategi for auka sjølvforsyning og trygg matproduksjon

Vedtak nr. 866, 16. juni 2023:

«Stortinget ber regjeringen, i dialog med faglagene, legge fram en strategi for økt selvforsyning og trygg matproduksjon basert på norske ressurser, og komme tilbake til Stortinget senest i forbindelse med statsbudsjettet.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 121 S (2022–2023) Jordbruksoppgjøret 2023, jf. Innst. 487 S (2022–2023).Vedtaket er følgt opp med framlegginga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 866, 16. juni 2023 med dette er følgt opp.

Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet

Vedtak nr. 702, 25 mai 2023:

«Stortinget ber regjeringen sikre at Mattilsynet i større grad anmelder alvorlige brudd på dyrevelferdsloven.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:219 S (2022–2023), jf. Innst. 369 S (2022–2023) gjeldande representantforslag om strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet.

Mattilsynet har styrkt arbeidet med dyrevelferdskriminalitet og ferdigstilt retningsliner for samarbeid mellom politiet og Mattilsynet. Tal på meldingar til politiet har auka dei siste åra, og dette vil bli følgt opp vidare framover. Temaet vil òg inngå i arbeidet med dyrevelferdsmeldinga. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med meldinga.

Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet

Vedtak nr. 701, 25 mai 2023:

«Stortinget ber regjeringen sikre at dyreeiere som ikke etterkommer pålegg fra Mattilsynet etter alvorlige og gjentatte brudd på dyrevelferdsloven, lettere fratas retten til å drive med husdyrhold.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:219 S (2022–2023), jf. Innst. 369 S (2022–2023) som omhandlar representantforslag om strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet.

Oppfølging av kronisk dårlege dyrehald har vore eit prioritert område for Mattilsynet dei siste åra, og retningsliner for oppfølging av desse dyrehalda er reviderte. Departementet har motteke fleire innspel om tilsynet sin verkemiddelbruk, og temaet vil inngå i arbeidet med dyrevelferdsmeldinga. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med meldinga.

Strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet

Vedtak nr. 700, 25 mai 2023:

«Stortinget ber regjeringen fremme lovforslag om å inkludere dyrevelferdsloven § 37 i opplistingen i straffeprosessloven § 216 b første ledd bokstav b.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:219 S (2022–2023), jf. Innst. 369 S (2022–2023) som omhandlar representantforslag om strengare straff for alvorleg dyrekriminalitet.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dyrevelferd i 2024. Dyrevelferdskriminalitet og strafferamma etter dyrevelferdslova vil vere ein del av meldinga. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med meldinga.

Donasjon av overskottsmat til velgjerande formål frå cruiseskip og skipshandlarar

Vedtak nr. 545 av 23 mars 2023:

«Stortinget ber regjeringen avklare om handlingsrommet for donasjon av overskuddsmat til veldedige formål fra cruiserederier og skipshandlere mv. reelt begrenses av EU/EØS-regler, og avstemme regelverket i Norge med EU-land, med forbehold om at norske veterinærmyndigheter anser dette som forsvarlig.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:116 S (2022–2023), jf. Innst. 220 S (2022–2023) som omhandlar representantforslag om dispensasjon frå toll- og avgiftsregelverk mv. som hindrar donasjon av mat til velgjerande formål.

Departementet har gitt Mattilsynet i oppdrag å avklare handlingsrommet. Dei har komme med ei utgreiing og konkludert med at donasjon av overskott av mat frå cruiseskip og skipshandlarar ikkje vil vere forsvarleg og ikkje kan gjerast innanfor rammene av det gjeldande EØS-regelverket for veterinær grensekontroll. Grunngivinga er at donasjon frå cruiseskip og skipshandlarar inneber særleg stor risiko med tanke på dyrehelse og risiko for spreiing av smittsam dyresjukdom. Regelverket for veterinær grensekontroll har detaljerte krav til dokumentasjon og til kontroll ved utpeika veterinære grensekontrollstasjonar på grensa. Av praktiske grunnar er det vanskeleg for cruiseskip og skipshandlarar å oppfylle desse krava. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 545, 23. mars 2023 med dette er følgt opp.

Innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdiar i norsk skog

Vedtak nr. 519, 14. mars 2023:

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå dagens metode for innsamling, registrering og kontroll av viktige naturverdier i norsk skog, og vurdere tiltak for å sikre at intensjonen med miljøregistrering er ivaretatt, og at miljøregistreringen har tilstrekkelig kvalitet.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:40 S (2022–2023), jf. Innst. 191 S (2022–2023) som omhandlar representantforslag om ein ny skogpolitikk.

Landbruks- og matdepartementet gav i brev av 9. mai 2023 Landbruksdirektoratet i oppdrag å setje i gang ein feltkontroll av miljøregistreringar i skog. Landbruksdirektoratet har saman med Landsskogtakseringa ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), utvikla eit kontrollopplegg som skal gjennomførast i feltsesongane 2024 og 2025.

Vidare går NIBIO gjennom instruksen for miljøregistreringar i skog, med sikte på å kunne evaluere både instruksen og oppfølginga av den etter over 20 år med miljøregistreringar. Arbeidet blir utført i 2024 og 2025. Departementet legg til grunn at det blir avslutta etter feltsesongen i 2025. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte når gjennomgangen er utført.

Utval matkastelov

Vedtak nr. 95, 1. desember 2022:

«Stortinget ber regjeringen sette ned et utvalg for å utrede matkastelov med mål om at loven skal tre i kraft i 2024.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga Meld. St. 1 (2022–2023) Nasjonalbudsjettet 2023, jf. Innst. 2 S (2022–2023).

Regjeringa sette i februar 2023 ned eit utval som skal greie ut heilskapleg tiltaks- og verkemiddelbruk for å nå målet om 50 pst. reduksjon av matsvinnet innan 2030, og korleis ei matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Rapport frå utvalet kom i januar 2024, og det er lagt opp ein prosess for korleis dette skal følgjast opp.

Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp saka i samråd med Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Klima- og miljødepartementet og Barne- og familiedepartementet. Regjeringa er i gang med å utarbeide eit forslag til matkastelovgiving, og tek sikte på å fremje forslag til lovgiving for Stortinget våren 2025. Det vil òg bli satt i gang utgreiingsarbeid for å få på plass utfyllande forskrifter med sikte på at desse trer i kraft i løpet av 2026.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2021–2022

Bransjeavtalar for biogassproduksjon

Vedtak nr. 754, 10. juni 2022:

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ til å opprette bransjeavtaler med landbruket og fiskeri- og havbruksnæringen med mål og tiltak for å øke leveransen av råstoff til biogassproduksjon. Klyngesamarbeid på tvers av bionæringene vil spille en viktig rolle i dette arbeidet.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 36 (2020–2021) og Meld. St. 11 (2021–2022) Energi til arbeid – langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, jf. Innst. 446 S 2021–2022. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp saka i samråd med Nærings- og fiskeridepartementet og Klima- og miljødepartementet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Melding til Stortinget om dyrevelferd som byggjer på oppdatert kunnskap

Vedtak nr. 381, 15. februar 2022

«Stortinget ber regjeringen legge fram en dyrevelferdsmelding som bygger på oppdatert kunnskap om dyrevelferd med utgangspunkt i faglige og faktiske forhold. Meldingen bør se faglig og politisk på problemstillinger knyttet til dyrehold, og gi oversikt over det vi gjør bra i dag, og om det er noe som kan gjøre annerledes og bedre i framtida. Det er sammenheng mellom menneskevelferd og dyrevelferd. Meldingen bør omtale dette.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022) gjeldande representantforslag om å styrkje dyrevelferda for produksjonsdyr.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dyrevelferd i 2024, der temaa i vedtak nr. 381, 15 februar 2022, vil inngå. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med meldinga.

Dyrevelferda i svinenæringa

Vedtak nr. 382, 15. februar 2022

«Stortinget ber regjeringen se på insentiver som vil øke dyrevelferden i svinenæringen, særlig med hensyn til areal, underlag og miljøberikelse, og stille strengere krav til dyrevelferd ved oppgraderinger av driftsbygninger eller nybygg.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022) gjeldande representantforslag om å styrkje dyrevelferda for produksjonsdyr.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dyrevelferd i 2024. Departementet har motteke ei rekkje innspel på området, og desse temaa vil vere ein del av arbeidet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med meldinga.

Konkrete tiltak i melding til Stortinget om dyrevelferd

Vedtak nr. 383, 15. februar 2022

«Stortinget ber regjeringa legge fram ei heilskapleg stortingsmelding om dyrevelferd som omfattar både produksjonsdyr i landbruket, kjæledyr og fiskeoppdrett, seinast i vårsesjonen 2023. Regjeringa vert beden om å greie ut og foreslå konkrete tiltak i meldinga både for betra dyrevelferd generelt og for spesifikke artar/grupper av dyr, herunder følgjande tema:
  • å greie ut korleis økonomiske verkemiddel i landbrukspolitikken kan innrettast på ein måte som løner god dyrevelferd.

  • å greie ut korleis norsk regelverk vil måtte endrast ved implementering av EU sitt varsla forbod mot hald av dyr i bur og trange bingar.

  • å greie ut Mattilsynet sin kontroll- og rettleiingsfunksjon og trong for ressursar for å sikre tilstrekkeleg oppfølging av dyrevelferden i landbruket.

  • å greie ut merkeordningar som gjer det lettare for forbrukaren å velje dyrevenlege produkt. Ei slik merkeordning kan vere statleg eller privat.

  • å greie ut korleis grisar kan sikrast betre tilgang til uteareal, til dømes gjennom tilskots- eller merkeordningar, eventuelt gjennom endringar i lovverket.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022) gjeldande representantforslag om å styrkje dyrevelferda for produksjonsdyr.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dyrevelferd i 2024, og desse temaa vil bli nærare vurderte i samband med stortingsmeldinga. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med meldinga.

Alternativ til CO2-bedøving av dyr

Vedtak nr. 384, 15. februar 2022

«Stortinget ber regjeringa sørge for at det vert forska på alternativ til CO2-bedøving av dyr i slakteri og kverning av hanekyllingar (maserasjon), med mål om at det vert innført betre metodar for avliving, og at det på sikt kan innførast eit forbod mot dagens praksis.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Dokument 8:25 S (2021–2022), jf. Innst. 130 S (2021–2022) gjeldande representantforslag om å styrkje dyrevelferda for produksjonsdyr.

Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om dyrevelferd i 2024. Metodar for avliving av dyr kjem innanfor ramma av ei slik stortingsmelding. Når det gjeld metodar for avliving av dyr, er desse regulerte i eit EØS-harmonisert regelverk. Regelverket blir basert på den til ein kvar tid tilgjengelege kunnskapen i EØS-området. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget med meldinga.

Inntektsgap

Vedtak nr. 35, vedtakspunkt 29, 2. desember 2021:

«Stortinget ber regjeringen legge frem en forpliktende og tidfestet plan i løpet av 2022 for å tette inntektsgapet mellom bønder og andre grupper i samfunnet. Inntektsgapet skal tettes uavhengig av bruksstørrelse, produksjon og landsdel.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 1 S (2021–2022) for Landbruks- og matdepartementet, jf. Innst. 2 S (2021–2022). Grytten-utvalet fekk utsett frist for å leggje fram sitt arbeid til 1. oktober 2022, og rapporten blei deretter sendt på høyring.

Regjeringa la i Meld. St. 11 (2023–2024) fram sin plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Ambisjonen er å leggje til rette for at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper kan tettast innan 2027. Meldinga omtaler prinsipp for måling av inntekt på nivå og føresetnader for inntektsopptrappinga. Opptrappingsplanen, som den er omtalt i meldinga, ligg til grunn for regjeringa sin politikk. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 35, vedtakspunkt 29, 2. desember 2021 med dette er følgt opp.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2020–2021

Viltlova – utgreiing av omgrepet «kunstig lys»

Vedtak nr. 1134, 4. juni 2021:

«Stortinget ber regjeringen gjøre en utredning med sikte på å avklare definisjonen av begrepet «kunstig lys» i viltloven, og hvilke prinsipper som bør legges til grunn for en ny bestemmelse om dette i viltloven, i forbindelse med det pågående arbeidet med modernisering av viltloven.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Prop. 149 L (2020–2021) Endringer i Viltloven, jf. Innst. 604 L. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet arbeider med å gå gjennom og modernisere viltlova. Arbeidet inneber ein revisjon av heile lova, noko som òg gjeld reglane om bruk av kunstig lys i samband med jakt og fangst. Eit utkast til ny lov om jakt, fangst og felling av vilt mv. (viltressursloven) blei sendt på offentleg høyring 26. juni 2024, med frist 25. oktober 2024. Departementet legg til grunn at vedtak nr. 1134, 4. juni 2021 med dette er følgt opp.

Oppmodings- og utgreiingsvedtak i stortingssesjonen 2017–2018

Fremje forslag til ein matkastelov

Vedtak nr. 489, 27. februar 2018:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til en matkastelov som omfatter næringsmiddelindustrien og matvarebransjen. Loven bør omfatte påbud om å donere all spiselig overskuddsmat til veldedige formål og sekundært til dyrefôr, samt påbud om å offentliggjøre nøkkeltall knyttet til matsvinn og reduksjon av matsvinn.»

Vedtaket blei fatta ved handsaminga av Meld. St. 45 (2016–2017) Avfall som ressurs – Avfallspolitikk og sirkulær økonomi, jf. Innst. 127 S (2017–2018).

Regjeringa sette i februar 2023 ned eit utval som skal greie ut heilskapleg tiltaks- og verkemiddelbruk for å nå målet om 50 pst. reduksjon av matsvinnet innan 2030, og korleis ei matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Rapport frå utvalet kom i januar 2024, og det er lagt opp ein prosess for korleis dette skal følgjast opp.

Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp saka i samråd med Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Klima- og miljødepartementet og Barne- og familiedepartementet. Regjeringa er i gang med å utarbeide eit forslag til matkastelovgiving, og tek sikte på å fremje forslag til lovgiving for Stortinget våren 2025. Det vil òg bli sett i gong utgreiingsarbeid for å få på plass utfyllande forskrifter med sikte på at desse trer i kraft i løpet av 2026.

4 Oversiktstabellar for budsjettet

Utgifter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

Administrasjon m.m.

1100

Landbruks- og matdepartementet

197 495

198 942

207 993

4,5

Sum kategori 15.00

197 495

198 942

207 993

4,5

Matpolitikk

1112

Veterinærinstituttet

109 386

113 008

115 994

2,6

1115

Mattilsynet

1 592 222

1 588 707

1 649 295

3,8

Sum kategori 15.10

1 701 608

1 701 715

1 765 289

3,7

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

1136

Norsk institutt for bioøkonomi

267 963

271 785

278 450

2,5

1137

Forsking og innovasjon

634 175

619 836

660 340

6,5

Sum kategori 15.20

902 138

891 621

938 790

5,3

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

1138

Støtte til organisasjonar m.m.

56 552

69 838

72 534

3,9

1139

Genressursar, miljø- og ressursregistreringar

34 973

33 355

34 535

3,5

1140

Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m.

83 608

85 590

85 890

0,4

1141

Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

13 278

12 475

13 306

6,7

1142

Landbruksdirektoratet

1 783 024

1 003 018

886 550

-11,6

1148

Naturskade – erstatningar

38 384

140 400

136 300

-2,9

1149

Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket

123 878

113 646

113 044

-0,5

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

24 174 985

26 716 280

28 813 868

7,9

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

180 170

200 000

225 000

12,5

1152

Bionova

37 384

171 184

173 247

1,2

1161

Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn

32 591

33 800

34 693

2,6

Sum kategori 15.30

26 558 827

28 579 586

30 588 967

7,0

Sum programområde 15

29 360 068

31 371 864

33 501 039

6,8

Sum utgifter

29 360 068

31 371 864

33 501 039

6,8

Inntekter fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2023

Saldert budsjett 2024

Forslag 2025

Endring i pst.

Administrasjon m.m.

4100

Landbruks- og matdepartementet

158

141

146

3,5

Sum kategori 15.00

158

141

146

3,5

Matpolitikk

4115

Mattilsynet

219 419

218 729

239 446

9,5

Sum kategori 15.10

219 419

218 729

239 446

9,5

Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling

4136

Norsk institutt for bioøkonomi

19 915

20 935

21 437

2,4

Sum kategori 15.20

19 915

20 935

21 437

2,4

Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak

4141

Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.

4 745

4 071

4 680

15,0

4142

Landbruksdirektoratet

51 163

50 463

52 381

3,8

4150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

347

50

50

0,0

5576

Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet

321 180

321 000

337 500

5,1

Sum kategori 15.30

377 435

375 584

394 611

5,1

Forretningsdrift

4162

Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap

10 000

10 000

10 000

0,0

5652

Statskog SF – renter og utbytte

117 868

34 400

43 800

27,3

Sum kategori 15.40

127 868

44 400

53 800

21,2

Sum programområde 15

744 795

659 789

709 440

7,5

Sum inntekter

744 795

659 789

709 440

7,5

Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet «kan overførast» foreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2024

Forslag 2025

1100

21

Spesielle driftsutgifter

4 922

20 111

1137

70

Innovasjonsaktivitet m.m.

0

2 997

1137

71

Forskingsaktivitet – Noregs forskingsråd

0

204 327

1138

71

Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar

403

1 453

1139

71

Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak

1 752

9 681

1140

21

Spesielle driftsutgifter

1 541

33 183

1140

71

Tilskott til viltformål

231

38 578

1141

23

Jegerprøve m.m.

614

4 680

1142

71

Tiltak for berekraftig reindrift

1 746

5 926

1142

77

Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald

1 323 274

150 000

1149

71

Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket

33

53 603

1149

73

Tilskott til skog-, klima- og energitiltak

22 620

55 775

1150

21

Spesielle driftsutgifter

4 938

29 500

1150

70

Marknadstiltak

27 626

410 500

1150

74

Direkte tilskott

14 247

17 566 323

1150

77

Utviklingstiltak

2 631

397 391

1150

78

Velferdsordningar

19 572

1 965 007

1151

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott

5 954

138 400

1151

79

Velferdsordningar

834

4 100

Til forsida