Del 2
Budsjettframlegg
5 Nærare omtale av løyvingsforslaga
Programområde 15 Landbruk og mat
Programkategori 15.00 Administrasjon m.m.
Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
1100 | Landbruks- og matdepartementet | 197 495 | 198 942 | 207 993 | 4,5 |
Sum kategori 15.00 | 197 495 | 198 942 | 207 993 | 4,5 |
Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
4100 | Landbruks- og matdepartementet | 158 | 141 | 146 | 3,5 |
Sum kategori 15.00 | 158 | 141 | 146 | 3,5 |
Mål og strategiar
Landbruks- og matdepartementets ansvarsområde dekkjer heile verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar, medrekna juridiske og økonomiske verkemiddel for mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren, nye landbruksbaserte næringar og haustbare viltressursar. Departementet har som mål at landbruks- og matforvaltninga skal vere effektiv. Det inneber at forvaltninga skal tilby enkle og brukarvenlege løysingar og vere kjenneteikna av god kvalitet og tillit, i tillegg til å ha gode system for samfunnstryggleik og beredskap. Sjå òg omtale av målet om ei effektiv landbruks- og matforvaltning i del III av proposisjonen.
Organisering
Departementet har ansvaret for fire underliggjande verksemder, der departementet har det overordna administrative ansvaret og budsjettansvaret. Departementet har sidan 2018 òg hatt ansvar for etatsstyring av Miljødirektoratet på området haustbare viltressursar. Frå 1. januar 2025 blir direktoratsansvaret for haustbart vilt flytta til Landbruksdirektoratet.
Mattilsynet og Landbruksdirektoratet er ordinære statlege forvaltningsorgan som er bruttobudsjetterte. Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet er forvaltningsorgan med særskilde fullmakter, og dei er nettobudsjetterte. Institutta har i tillegg eigne styre oppnemnt av departementet.
Prioriteringar
Regjeringa ønskjer å utvikle og fornye offentleg sektor gjennom ei tillitsreform. Med reforma skal innbyggjarane i heile landet få offentlege tenester med betre kvalitet til rett tid. Landbruks- og matdepartementet sitt mål om ei effektiv forvaltning blir følgt opp gjennom forenkling og forbetring av organisering, prosessar, oppgåver og system, der det er potensial for dette. Denne forenklinga og forbetringa skal gi reduserte kostnader og betre tenester i framtida. Arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap både i departementet og i underliggjande verksemder vil òg vere viktig i 2025. Sjå omtale av prioriteringane på dei ulike fagområda under dei respektive budsjettkapitla.
Statlege rekneskapsstandardar (SRS) er gjort obligatoriske for alle statlege verksemder innan 2027. Landbruks- og matdepartementet tek sikte på å innføre SRS frå 1. januar 2026 i eiga verksemd. Det vil i 2025 bli arbeidd med naudsynte førebuingar til dette og utarbeiding av ein opningsbalanse for departementet.
Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 176 843 | 179 724 | 184 546 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 15 660 | 15 988 | 20 111 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 4 700 | 2 928 | 3 026 |
50 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter | 292 | 302 | 310 |
Sum kap. 1100 | 197 495 | 198 942 | 207 993 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Departementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken innan områda mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren, nye landbruksbaserte næringar og haustbare viltressursar. Løyvinga dekkjer løns- og driftsutgifter i departementet. Departementet kan òg ved særskilde høve tildele underliggjande verksemder midlar på posten ved behov for særskilde utgreiingar med meir.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 176,8 mill. kroner på posten. Om lag 74 pst. av utgiftene var lønsrelaterte utgifter, mens om lag 17 pst. var relatert til husleige og lokale. Resten av løyvinga blei nytta til andre driftsutgifter, til dømes kjøp av IKT-utstyr og andre utgifter for drift og utvikling av IKT, reiser, kurs for tilsette og abonnement. Per 31. desember 2023 hadde departementet 118 utførte årsverk.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 184,5 mill. kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga blir nytta til løn og drift for særskilde prosjekt og utgreiingsutval med meir. Departementet kan òg ved særskilde høve tildele underliggjande verksemder midlar på posten ved behov for særskilde utgreiingar med meir.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 15,7 mill. kroner på posten. Dei prosjekta det blei brukt mest midlar på var kampen mot skrantesjuke (CWD) i regi av Mattilsynet, nye fagsystem for reindrifta, rekrutteringskampanje for mat og måltidsbransjen og Matgledekorps.
Budsjettframlegg 2025
Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for oppfølginga av statens plikt til å skaffe til vege eit tilleggsareal for vinterbeite for reindrifta i Sør-Fosen og Nord-Fosen sijte. Val av areal skal gjerast i samråd med reindrifta. Arealet må ha ein slik karakter at det oppfyller krava i reindriftsloven § 8. Det blir lagt opp til ein reguleringsprosess for å leggje til rette for reindrift i det aktuelle området, og at staten tek ansvar for at det blir inngått avtaler med grunneigarar og rettshavarar. Det blir teke sikte på at eit eventuelt tilleggsareal skal kunne takast i bruk i vintersesongen 2026/2027. Posten blir auka med 4,0 mill. kroner til arbeid med denne saka, og til kjøp av tenester i reguleringsprosessen. Løyvinga vil òg bli nytta til andre særskilde prosjekt og utgreiingar, mellom anna tiltak mot skrantesjuke.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 20,1 mill. kroner.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50
Formål med løyvinga
Løyvinga dekkjer investeringar i departementet og utgifter til vedlikehald av eigedommane til departementet. Løyvinga dekkjer òg delvis finansiering av investeringar i underliggjande verksemder og utgifter/arbeid i samband med sal og taksering av eigedommar.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 4,7 mill. kroner på posten. Midlane blei i all hovudsak nytta til større oppgraderingar og vedlikehald ved eigedommar som departementet eig. Departementet sine eigedommar er fordelte på alle landsdelar, og mange av dei er viktig infrastruktur for landbruksforsking rundt om i Noreg. I tråd med Landbruks- og matdepartementets Prop. 1 S for budsjettåret 2023, kan departementet overskride løyvinga på posten ved sal av eigedom avgrensa opp til 25,0 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,0 mill. kroner, som i hovudsak vil bli nytta til naudsynt vedlikehald og utbetringar ved eigedommane som departementet eig. Posten kan overskridast ved sal av statleg eigedom, jf. framlegg til vedtak II.
Post 50 Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter
Formål med løyvinga
Løyvinga dekkjer delfinansiering av innkjøp og vedlikehald i dei nettobudsjetterte institutta under departementet. Posten må sjåast i samanheng med post 45.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 292 000 kroner på posten. Løyvinga blei tildelt Norsk institutt for bioøkonomi til ekstraordinære vedlikehaldstiltak ved eigedommane som departementet eig, og som instituttet forvaltar.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 310 000 kroner.
Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Refusjonar m.m. | 158 | 141 | 146 |
Sum kap. 4100 | 158 | 141 | 146 |
Formål med løyvinga
På kapittelet blir det ført tilfeldige inntekter, refusjonar og inntekter ved sal av eigedom.
Programkategori 15.10 Matpolitikk
Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
1112 | Veterinærinstituttet | 109 386 | 113 008 | 115 994 | 2,6 |
1115 | Mattilsynet | 1 592 222 | 1 588 707 | 1 649 295 | 3,8 |
Sum kategori 15.10 | 1 701 608 | 1 701 715 | 1 765 289 | 3,7 |
Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
4115 | Mattilsynet | 219 419 | 218 729 | 239 446 | 9,5 |
Sum kategori 15.10 | 219 419 | 218 729 | 239 446 | 9,5 |
Mål og strategiar
Programkategorien omfattar Mattilsynet og løyving til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Veterinærinstituttet. Sjå nærare omtale av Veterinærinstituttet i Prop. 1 S (2024–2025) frå Nærings- og fiskeridepartementet. Programkategorien er viktig for arbeidet med å nå matpolitiske mål, og skal særleg bidra til å nå måla i matlova, dyrevelferdslova, dyrehelsepersonellova, husdyravlslova og planteforedlarlova. Ein del av dette arbeidet har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Kategorien omfattar i tillegg arbeidet til Mattilsynet for å nå måla i kosmetikklova.
Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Matpolitikken til regjeringa dekkjer heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Målstrukturen på dette politikkområdet skil seg difor noko frå måla for landbruks- og matpolitikken slik dei er omtalte i andre kapittel.
Hovudmåla på det matpolitiske området er
å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Andre sentrale omsyn er
tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
sunt kosthald og gode matopplevingar
nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvenleg produksjon
Regjeringa legg vekt på at maten skal vere trygg og tilfredsstille ønskje og behov hos forbrukarane. Ein mangfaldig matmarknad og lovfesta matinformasjon som er rett, relevant og lett tilgjengeleg, er føresetnader for at forbrukarane skal kunne ta informerte val, setje saman eit sunt kosthald og utøve makt i matmarknaden.
Regjeringa legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og kontroll, blir fastsette og følgde opp på ein slik måte at det ikkje oppstår unødige konkurransevridingar. Samstundes må næringsaktørane kunne nytte fleksibiliteten som ligg i regelverket.
Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid. Handelen må skje i samsvar med internasjonale avtaler og vere basert på internasjonale standardar. Varene vi importerer må vere trygge og oppfylle krava frå forbrukarane. Dette er òg vesentleg for å fremje god plante- og dyrehelse. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise krav frå importlanda, må Noreg vere leiande innan overvaking, risikovurderingar og forsking, særleg for sjømat og fiskehelse. Aktiv norsk deltaking i internasjonale forum er naudsynt, både for å påverke innhaldet i standardar og regelverk og for å utveksle og utvikle kunnskap og erfaring.
Noreg tek aktivt del i internasjonalt samarbeid på matområdet, mellom anna i Codex Alimentarius Commission som er FNs organisasjon for matvarestandardar under FNs organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og Verdshelseorganisasjonen (WHO), Verdsdyrehelseorganisasjonen (WOAH), Den internasjonale plantevernkonvensjonen (IPPC) og Den internasjonale vinorganisasjonen (OIV). Organisasjonane utviklar standardar som blir lagde til grunn i avtaleverket om mattryggleik og matkvalitet, helse og miljø under Verdshandelsorganisasjonen WTO (SPS-avtalen og TBT-avtalen). Desse avtalene legg òg premissar for regelverket i EU/EØS.
Hovuddelen av regelverket på matområdet er harmonisert innanfor EØS. EØS-avtalen er basert på at regelverket i EU og Noreg så raskt som mogleg skal vere det same. Effektive og gode EØS-rutinar er difor svært viktige. Regjeringa legg vekt på tidleg involvering av interessentane, tydelege posisjonar og målretta innsats i regelverksutviklinga under Europakommisjonen, der EØS-avtalen gir Noreg best tilgang mellom anna ved utviklinga av nytt regelverk. Ved større eller sentrale rammerettsakter som blir handsama i Europaparlamentet eller Rådet for den europeiske union, arbeider regjeringa inn mot desse organa, for å fremje norske synspunkt.
Mattilsynet er ein sentral offentleg aktør i gjennomføringa av matpolitikken. Oppgåvene omfattar regelverksutvikling, offentleg kontroll, rettleiing, kartlegging og overvaking i heile matproduksjonskjeda, frå innsatsvarer og primærproduksjon til omsetnad til forbrukarane.
Mattilsynet arbeider kontinuerleg med å gjennomføre tiltak for å betre forvaltningskvaliteten i heile verksemda. Fleire og betre digitale tenester, større grad av brukarorientering og god dialog med næringsaktørane, vil gjere tilsynet meir målretta og effektivt.
God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er avgjerande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i regelverksutviklinga på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med Den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggleik (European Food Safety Authority – EFSA). Sjå òg Prop. 1 S (2024–2025) frå Helse- og omsorgsdepartementet, kap. 745.
God fagleg beredskap, kunnskapsutvikling og formidling er avgjerande for å nå matpolitiske mål og for å sikre ei kunnskapsbasert forvaltning. Veterinærinstituttet, Havforskingsinstituttet, Norsk institutt for bioøkonomi og Folkehelseinstituttet har sentrale roller i dette arbeidet.
Prioriteringar
Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
Når det gjeld førekomst av matboren sjukdom, er situasjonen i Noreg er god samanlikna med andre land. Det er naudsynt med kontinuerleg innsats for å halde oppe god mattryggleik. Arbeidet for trygg mat må stadig tilpassast nye trendar, endra klimatiske forhold og utviklinga i den globale matvaremarknaden og forsyningskjedene. Endringane kan skape nye moglegheiter, som til dømes at nye ressursar kan nyttast til mat, fôr og gjødsel, men òg nye truslar, slik som auka fare for utvikling av antibiotikaresistens eller overføring av sjukdom frå dyr til menneske.
Innsatsvarene og matvarene skal vere trygge. Regelverket og kontrollen skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i alle ledd i matproduksjonskjeda bidreg til at sluttprodukta er trygge. I arbeidet for å sikre trygg mat er det avgjerande å redusere risikoen for sjukdom eller helseskade som kan oppstå på grunn av smittestoff eller framandstoff i innsatsvarer, mat og drikkevatn.
Det er næringsaktørene som har ansvaret for å etterleve regelverket slik at maten er trygg, og for å sikre god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Det er viktig med effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lettskjemd mat eller handterer mat som ikkje er innpakka.
Vassforsyning er kritisk infrastruktur. Forureining av drikkevatn og bortfall av vatn fører til risiko for liv og helse, og kan få store konsekvensar for samfunnet. Særleg i ei tid med auka internasjonal uro er det naudsynt å ha robust vassforsyning. Drikkevatnet i Norge er i hovudsak trygt, men høg lekkasjegrad og låg fornyingstakt av leidningsnettet, gjer at det er risiko for bortfall og forureining av drikkevatnet. Tørke både sommar- og vinterstid og intensiverte nedbørsperiodar, utfordrar både leveringssikkerheita og råvasskvaliteten. For å møte denne utfordringa lanserte regjeringa i februar 2024 nye Nasjonale mål for vatn og helse med gjennomføringsplan.
Fleire tilfelle dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og sjukdom hos menneske. Tal frå WHO viser at om lag 75 pst. av nye eller kjende infeksjonar som har auka hos menneske dei siste 30 åra, kjem av smittestoff frå dyr. Å ta vare på den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er sentralt både for mattryggleiken og for god helsetilstand hos menneske og dyr.
Overvaking av inntaket av næringsstoff og framandstoff er viktig i folkehelsearbeidet og som grunnlag for faglege risikovurderingar. Mattilsynet samarbeider med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet for å oppdatere inntaksdata om kor mykje folk et av ulike matvarer, og data om innhaldet av næringsstoff og framandstoff i matvarene. I dette samarbeidet blir Matvaretabellen med opplysningar om innhald av næringsstoff i matvarer utvida og forbetra kontinuerleg. Det er òg viktig med kunnskap om innhaldet av framandstoff i innsatsvarer og råvarer, og om miljøforureiningar eller andre uønskte stoff i vatn eller jordsmonn som kan påverke innhaldet av framandstoff i fisk, landdyr og planter. Dette er nærare omtalt under kap. 1115 og i del III.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Ernæringsarbeidet, medrekna arbeidet med å forby marknadsføring av usunn mat og drikke retta mot barn, er omtalt i Prop. 1 S (2024–2025) frå Helse- og omsorgsdepartementet, og ligg i hovudsak hos helsestyresmaktene. Arbeidet med å leggje til rette for eit kosthald som er i samsvar med kostråda, blir følgt opp av mange aktørar. Mattilsynet har ei sentral rolle i dette arbeidet, særleg for regelverk og tilsyn knytt til merking av mat, til dømes om ingrediensar og allergen, næringsinnhald, ernærings- og helsepåstandar og anna frivillig sunnheitsmerking slik som Nøkkelhòlet. Nøkkelhòlet gir forbrukarane betre informasjon om matvarer som kan bidra til eit sunnare kosthald. Rett merking er naudsynt for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val og handtere maten rett.
Merking av mat er i hovudsak regulert i matinformasjonsforskrifta, men det er òg enkelte særskilde nasjonale reglar, til dømes for sjømat. Regjeringa følgjer aktivt opp Europakommisjonens arbeid med revidering av matinformasjonsforordninga der både opphavsmerking, datomerking, forside-ernæringsmerking og merking av alkoholhaldige drikkevarer er sentrale tema.
Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Det er viktig med god overvaking og høg beredskap mot mange plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar og sjukdommar som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar). Det er òg viktig å følgje med på effekter av klimaendringer på naturmiljø, som til dømes utbreiing av visse sjukdommar.
Noreg har generelt god plantehelse, men aukande import av planter og plantemateriale aukar risikoen for introduksjon av nye sjukdommar og skadegjerarar. Tilsyn med importørane sine kontrollrutinar er difor viktig.
Regjeringa vil prioritere arbeidet med den langsiktige forvaltninga av hjorteviltsjukdommen skrantesjuke, chronic wasting disease (CWD). Sentrale oppgåver er å kartleggje utbreiinga og leggje til rette for å etablere ein ny villreinflokk i Nordfjella, i tillegg til å følgje opp vedteken handsaming av klassisk skrantesjuke på Hardangervidda.
Regjeringa lanserte i september 2024 ny nasjonal éi-helse-strategi mot antimikrobiell resistens (AMR). Målet med strategien er å redusere risikoen for at resistensproblema aukar og avgrense konsekvensane AMR kan ha for helse, kostnader og produktivitet. Strategien er tverrsektoriell og har eit tiårsperspektiv. Basert på denne overordna strategien vil det bli utarbeidd sektorvise handlingsplanar der det er behov for det.
For å kunne ta ut det langsiktige vekstpotensialet i havbruket treng vi å løyse utfordringane med sjukdommar. Kontroll med sjukdom, inkludert lakselus, vil òg bidra til å sikre god velferd, minke smittepresset i miljøet, og redusere bruk og utslepp av medikament. Svinnet frå produksjon i oppdrettsnæringa er framleis høgt, og det blir arbeidd for å redusere dette tapet.
Trafikklyssystemet for havbruksnæringa har til formål å justere produksjonskapasiteten innanfor dei ulike produksjonsområda langs kysten, basert på korleis lakselus påverkar villaksen i området. Oppfølging og utvikling av dette systemet vil bli prioritert. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Arbeidet med å fremje god dyrevelferd og gode haldningar til dyr held fram. Det trengst auka merksemd både på hald av produksjonsdyr (inkludert fisk) og kjæledyr. Utvikling av kunnskap om korleis avlstiltak og ulike driftsformer påverkar dyrevelferda, er ein viktig føresetnad.
Dyrevelferda i Noreg er gjennomgåande god, sjølv om det òg er utfordringar. Systematisk arbeid med dyrevelferdsprogram for dei fleste produksjonar inkluderer regelmessig veterinærbesøk og kontroll på slakteria. Utvida sjukdomsregistrering i kjøttkontrollen, matkjedeinformasjon og helseregistreringssystem er døme på slike kontrollsystem. Med dette vil teikn på negativ utvikling bli raskare avdekt, og tidlege tiltak for å sikre dyrevelferda kan setjast inn i husdyrproduksjonane. Mattilsynet gjennomfører i tillegg tilsynskampanjar for å kunne setje i verk ytterlegare forbetringstiltak der det er naudsynt. Godt samarbeid mellom Mattilsynet og næringa, mellom anna med landbruket sine HMS-tenester og slakteria, bidreg òg til at vanskjøtte dyrehald kan bli oppdaga tidleg.
Verkemidla for å fremje dyrevelferd er styrkte dei seinare åra, mellom anna gjennom innføring av eit administrativt gebyr ved enkelte brott på regelverket. Mattilsynet har inngått ein samarbeidsavtale med politiet, og det er etablert dyrekrimeiningar i heile landet.
Regjeringa arbeider med ei ny dyrevelferdsmelding. Meldinga skal omhandle alle dyr som er omfatta av dyrevelferdslova. Arbeidet vil ha merksemd på velferd og føresetnader for alt dyrehald i Noreg og velferda for ville dyr, noko regjeringa prioriterer høgt. Meldinga vil ta for seg utviklinga i norsk dyrehald, husdyrproduksjon, havbruk og fiskeri, og også omtale ny kunnskap om dyrevelferd. Næringane treng rammevilkår som er føreseielege og langsiktige der ulike omsyn er rett balansert. Meldinga vil òg ta stilling til utvikling av regelverk i EU som er relevant for Noreg.
Andre omsyn
Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
Kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.
Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet slik at han blir føretrekt på den globale marknaden. Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på tryggleiken til produkta som blir eksporterte. For Noreg, som stor eksportør av sjømat, er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda og å skape føreseielege rammevilkår for eksport. Tilsynsarbeidet til Mattilsynet og kommunikasjon med styresmaktene i importlanda er avgjerande for tilliten. Arbeidet med å forhandle fram avtalar (MoUer), med andre land og forhandlingar om krav i helsesertifikat i land utanfor EØS-området, er ein sentral del av Mattilsynets oppgåver for å leggje til rette for eksport av sjømat, men òg for landbruksprodukt.
Den gode norske dyrehelsa blir nytta i eksportsamanheng, mellom anna ved den aukande eksporten av avlsprodukt frå husdyr. Marknadstilgang til utlandet er òg viktig for ein del andre landbruksprodukt.
Sunt kosthald og gode matopplevingar
Fagleg og vitskapleg basert informasjon om samanhengen mellom kosthald og helse, både for kvar enkelt og for folkehelsa, må nå fram til forbrukarane på ein tenleg måte. Nye nasjonale kostråd for god helse blei lansert av Helsedirektoratet i august 2024.
Arbeidet for å leggje til rette for eit sunnare kosthald må vere basert på kva mat forbrukaren ønskjer, på matglede og god matkvalitet. Det må òg leggjast til rette for innovasjon og produktutvikling av sunnare produkt som kan gjere det lettare for forbrukaren å velje sunn mat. Mange er òg opptekne av kvar maten kjem frå og korleis han blir produsert.
Folkehelsepolitikken legg mellom anna vekt på tiltak for å gjere det enklare å velje sunt, leggje til rette for gode mat- og måltidsvanar i barnehagar, skular/SFO og hos eldre, og verne barn og unge mot marknadsføring av usunn mat og drikke, jf. Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar. Regjeringa vil vurdere tiltak for å avgrense inntaket av energidrikk. Sjå nærare omtale av folkehelsearbeidet i Prop. 1 S (2024–2025) frå Helse- og omsorgsdepartementet. Innsatsen må sjåast i samanheng med det å følgje opp tiltak i Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030, Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening og strategien Matnasjonen Norge, og regjeringa sin ambisjon om å gradvis innføre eit dagleg sunt, enkelt skulemåltid.
I arbeidet med å utvikle og synleggjere Matnasjonen Norge, er mat- og måltidsglede ein del av dette. Det er eit sektorovergripande område som omhandlar mellom anna helse, varetaking av mattradisjonar, brukarinvolvering, berekraftig anskaffing av mat og drikke og lokale arbeidsplassar. I dei siste 5–6 åra har oppretting og bruk av Matgledekorps i store delar av Noreg vore ein viktig aktivitet for å løfte mat og måltidsglede hos eldre, og særleg på institusjon.Tiltaket er eit samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet og dei involverte statsforvaltarembeta.
Auka sjømatkonsum er blant tiltaka for betre kosthald. Regjeringa vil fremje havet som matfat og betydninga av mat frå havet i arbeid med matsikkerheit og ernæring. Blant tiltaka er mellom anna kosthalsprogrammet Fiskesprell, som skal gi born og unge smaken på sjømat. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2024–2025) frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
Innovasjon og næringsutvikling i produksjon av mat med lokal identitet er sentralt for å kunne ha sterke og innovative små og store verksemder. Regjeringa vil bidra til å auke tilgangen til lokale matprodukt for forbrukarane. Sjå nærare omtale under kat. 15.30.
Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å informere betre om regelverket og gjere det meir tilgjengeleg. Å kommunisere og dele kunnskap med verksemder, bransjeorganisasjonar og kompetansenettverk er sentralt for utviklinga på lokalmatområdet.
Langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvenleg produksjon
Det er aukande merksemd nasjonalt og internasjonalt på utvikling av berekraftige matsystem.
Matproduksjon kan ha påverknad på klima og tap av naturmangfald. Samstundes vil klimaendringane kunne påverke norsk matproduksjon, både på kort og lang sikt, gjennom reduserte og mindre stabile avlingar, svakare og meir uviss produktivitetsutvikling og auka førekomst av skadegjerarar og sjukdommar i planteproduksjon og husdyrhald. Noreg må førebu seg på å møte dei utfordringane klimaendringar fører til for det norske matsystemet. I handsaminga av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket, jf. Innst. 258 S. (2023–2024), blei det gjort følgjande vedtak (nr. 560); «Stortinget ber regjeringen snarest mulig starte arbeidet med en offentlig utredning som kan legge grunnlaget for en stortingsmelding om fremtidens matsystemer, der folkehelse, klima, natur og landbruks- og matpolitikk blir satt i sammenheng.» Regjeringa vil setje ned eit offentleg utval som skal gjere greie for moglegheiter og utfordringar og gi tilrådingar for framtida sitt matsystem med frist i 2026.
Matsvinn er identifisert som ei av utfordringane på nasjonalt nivå for å oppfylle FNs berekraftsmål om å halvere matsvinnet per innbyggjar på verdsbasis innan 2030. Bransjeavtalen om redusert matsvinn frå 2017 dannar grunnlag for samarbeid mellom styresmakter og alle ledd i matverdikjeda om å fremje betre utnytting av ressursar og råstoff gjennom førebygging og reduksjon av matsvinn i heile matkjeda. Eit utval blei sett ned av regjeringa 7. februar 2023 med mandat om å føreslå verkemiddel for å sikre at vi når målet om 50 pst. reduksjon innan 2030, og korleis ei matkastelov skal inngå i ein samla verkemiddelbruk. Utgreiinga blei lagt fram 3. januar 2024. Regjeringa har vedteke å følgje opp matsvinnutvalget si utgreiing ved mellom anna å utarbeide ei matkastelovgiving og å styrkje bransjeavtalen for reduksjon av matsvinn. Landbruks- og matdepartementet følger opp arbeidet i samarbeid med HOD, NFD, KLD og BFD.
Det vil bli arbeidd med å redusere bruk og risiko for negative helse- og miljøeffektar ved bruk av plantevernmiddel, i tråd med gjeldande Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler. I dette arbeidet er bruk av integrert plantevern eit sentralt element, der ein i størst mogleg grad nyttar alternativ til kjemiske plantevernmiddel. Godt samarbeid mellom næringa, rådgivingstenesta, kunnskapsinstitusjonar og styresmakter er sentralt for å kunne nå måla i handlingsplanen.
Regjeringa tek utgangspunkt i at berekraftig fiskeri og havbruk, sunn og trygg sjømat vil bidra til at mat frå havet blir ei sentral kjelde til matsikkerheit og ernæring, og slik kan bidra til å oppfylle FNs berekraftsmål. Skal Noreg lukkast som sjømatnasjon framover, må vi mellom anna sikre god marknadstilgang og finne løysingar på berekraftsutfordringar. Her spelar berekraftig fôr, god fiskehelse og -velferd og dokumentasjon om sunn og trygg sjømat ei nøkkelrolle.
Ytterlegare omtale av arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvenleg produksjon, finst under kat.1520 og 15.30.
Sjå nærare omtale av sjømat i Prop. 1 S (2024–2025) frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Lov om forsvarleg hundehald (Hundelova)
Landbruks- og matdepartementet vil arbeide vidare med forskrifter under lova. Arbeid med rettleiing av kommunar og hundehaldarar er òg i gang.
Kap. 1112 Veterinærinstituttet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
50 | Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap | 109 386 | 113 008 | 115 994 |
Sum | 109 386 | 113 008 | 115 994 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap
Formål med løyvinga
Veterinærinstituttet (VI) er eit biomedisinsk forvaltnings- og forskingsinstitutt innan dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik. Instituttet er organisert som eit statleg forvaltningsorgan med særskild fullmakt. Verksemda arbeider med forsking, forvaltningsstøtte og oppdrag i marknaden. Instituttet har hovudkontor på Ås, og fem regionale kontor frå Sandnes i sør til Tromsø i nord.
VI skal innan områda dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og matvaretryggleik, vere den leiande kunnskapsleverandøren til forvaltninga.
VI har følgjande mål:
Hovudmål: God helse hos dyr, fisk og menneske
Delmål: Kunnskapsbasert forvaltning
Delmål: God beredskap
Delmål: Konkurransekraftige bionæringar
Instituttet får løyvingar til oppgåvene sine innan dyrehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. Oppgåvene innan fiskehelse og enkelte område innan sjømattryggleik blir finansierte over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet, og blir omtalt i Prop. 1 S (2024–2025) frå Nærings- og fiskeridepartementet. Forsking er ein sentral del av verksemda til VI, og er omtalt under kap. 1137.
Løyvinga på denne posten skal hovudsakeleg nyttast til:
arbeid med kunnskapsutvikling, rådgiving, diagnostisk arbeid og laboratoriestøtte når det gjeld førebygging, oppklaring og handtering av alvorlege smittsame sjukdommar hos landdyr og sjukdom som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar).
bidrag til førebygging og handtering av kriser som kjem av smittestoff og andre helseskadelege stoff i fôr og mat.
kunnskapsformidling til næringa, fagpersonell og dyreeigarar.
samarbeid med styresmaktene og næringslivet om å utvikle berekraftig bioøkonomi i Noreg.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 109,4 mill. kroner på posten.
I internasjonal samanheng vurderer VI status for norsk landdyrhelse og mattryggleik som svært god. VI sitt viktigaste kunnskapsgrunnlag for å uttale seg om situasjonen for norsk landdyrhelse, er prøvene som blir undersøkte på grunn av sjukdom eller mistanke om sjukdom. Desse stammar hovudsakeleg frå overvakingsprogram som instituttet gjennomfører for Mattilsynet, Miljødirektoratet og kontrolloppdrag for næringane. I 2023 undersøkte instituttet i alt 174 000 prøver. Om lag 16 000 av desse blei undersøkte på grunn av mistanke om, eller oppfølging av, meldepliktig sjukdom hos landdyr eller listeført sjukdom hos fisk. Det er teke færre prøver enn i 2022, mellom anna på grunn av redusert prøveuttak i overvakingsprogramma, der nedgang i talet på CWD-prøver utgjorde den største forskjellen. Det har vore fleire store beredskapshendingar i 2023, både når det gjeld sjukdommar på landdyr og matborne utbrott, men sjukdomsstatus var noko betre i 2023 enn i 2022.
I 2023 blei ringorm på storfè påvist i totalt 16 besetningar i Trøndelag. Veterinærinstituttet hjelpte Mattilsynet med diagnostikk og faglege råd i handteringa av utbrottet. Det er på bakgrunn av dette oppretta eit tverrfagleg samarbeid mellom næring og forvaltning (RingiTRØ) etter modell frå Rogaland, og det målretta arbeidet med nedkjemping av ringorm der.
Sommaren 2023 blei Nord-Noreg ramma av eit stort utbrott av høgpatogen aviær influensa (HPAI) som forårsaka massedød blant villfugl, særleg på måsearten krykkje. Det blei rapportert om 24 000 døde fuglar. I 2023 blei HPAI påvist i to hobbyfjørfehald og ein fuglepark i Tromsø, Kvinnherad og Kristiansund kommune.
I 2023 blei det undersøkt omtrent 14 200 hjortedyr for skrantesjuke (Chronic wastig disease), der om lag 1/3 av prøvene var frå tamrein. Eitt tilfelle av sporadisk CWD blei påvist hos elg. Dette er ein reduksjon frå 2022 som skuldast nedgang i talet på prøver teke i overvåkingsprogrammet. Instituttet har i 2023 gitt råd til Mattilsynet og Miljødirektoratet i handteringa av sjukdommen.
Kunnskapsoppbygginga VI gjer gjennom forsking, oppklaring av sjukdomsutbrott, diagnostikk og overvakingsprogram er til nytte både for forvaltning og næring. Veterinærinstituttets nasjonale kompetansesenter for produksjonsdyr har òg i 2023 hatt god aktivitet og ei rekkje kurstilbod, og formidlar kompetanse til både forvaltning og næring over heile landet. Kompetansesenteret samarbeider i aukande grad med Mattilsynet om tema og innhald for kursverksemda.
Den årlege Dyrehelserapporten gir samla status for smittsame sjukdommar og velferd hos produksjonsdyr, kjæledyr, hest, kamelider og vilt. Dyrehelserapporten blei lansert 25. april 2023 saman med eit seminar med interne og eksterne foredragshaldarar som utdjupa ulike tema i rapporten. Tilbakemeldingane frå forvaltninga og næringane tilseier at rapporten er eit svært nyttig verktøy, og gir ein god status samla sett for helse og velferd for landdyr i Noreg.
Veterinærinstituttet har hjelpt politi og påtalemakter med rettsmedisinske undersøkingar og med faglege utgreiingar i samband med rettssaker innan dyrevern og miljøkriminalitet. Utviklinga kan tyde på at slikt arbeid vil auke i omfang.
Flyttinga av Veterinærinstituttets hovudkontor til det nye veterinærbygget på Ås har gått føre seg i fleire år, og har vore ein krevjande prosess. Ved utgangen av 2023 er heile det nye bygget i full drift, etter at det siste spesiallaboratoriet er flytta til Ås. Den endelege samlokaliseringa har gjort at VI har fått forbetra beredskapsevne og raskare responstid.
Instituttet har i god samhandling med næringsaktørar og forvaltning for å drive kunnskapsutveksling og –formidling, rådgiving, diagnostikk, forsking og innovasjon. Ein viktig del av bidraget til instituttet også i 2023 har vore deltaking i oppdragsprosjekt og forskingsprosjekt finansierte gjennom næringane sine forskingsfond. Oppdragsporteføljen for næringane er stabil over år.
I Prop. 1 S (2024–2025) frå Nærings- og fiskeridepartementet er VI sitt arbeid på fiskehelseområdet omtalt nærare.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 116,0 mill. kroner.
VI skal, som nasjonalt biomedisinsk forvaltnings- og forskingsinstitutt, vere Noregs leiande kunnskapsleverandør innan beredskap, biotryggleik og handtering av helsetrugsmål. Dette gjeld områda dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og mattryggleik.
Helsa til menneske og dyr og tilstanden til økosystema dei lever i, er knytt saman, og om dette nyttar ein omgrepet èi helse. VI sitt arbeid skal i tråd med hovudmålet verne om den gode dyrehelsa og mattryggleiken i Noreg. Det blir stadig meir sentralt å overvake og ha god kunnskap om sjukdommar som kan overførast mellom dyr og menneske (zoonosar).
Den gode landdyrhelsa i Noreg blir kontinuerleg utfordra gjennom globalisering og klimaendringar. Instituttet vil difor leggje vekt på forsking og kunnskapsutvikling som sikrar og vidareutviklar den nasjonale beredskapen mot kjende og nye helsetrugsmål, med særleg vekt på konkrete førebyggjande tiltak i næring og forvaltning.
VI legg FNs berekraftsmål til grunn for aktiviteten, og vil kontinuerleg vidareutvikle kompetanse og metodar for framleis å vere i front innan sine fagområde. Det vil bli lagt auka vekt på førebyggjande beredskap og prosjektbasert og risikobasert overvaking og diagnostikk, og å modernisere arbeidet ved bruk av ny teknologi og nye metodar. Dette er spesielt viktig for å vidareutvikle beredskapsevna.
Mattilsynet er VI sin viktigaste samarbeidspartnar. Instituttet vil leggje stor vekt på å bidra til ei kunnskapsbasert forvaltning ved å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte på kjerneområda til instituttet. Det er sentralt å vidareutvikle samhandlinga mellom aktørane i matforvaltninga, både offentlege aktørar, relevante kunnskapsorganisasjonar og næringa. VI vil halde fram med arbeidet med digital transformasjon og utvikle og integrere digitale løysingar for betre og raskare kunne utnytte og utveksle informasjon.
Kunnskapsutvikling, overvaking og rådgiving om antimikrobiell resistens, skrantesjuke og på villsvinområdet vil vere sentrale fagområde i 2025.
I arbeidet med å førebyggje sjukdom og å tryggje god dyrehelse er det avgjerande at VI òg gir råd til veterinærar, næring og forvaltning innan smittevern og biotryggleik. For å møte behova i matforvaltninga og næringa, vil instituttet leggje vekt på arbeidet ved det etablerte kompetansesenteret for produksjonsdyr. Dei fleste hovudaktivitetane ved senteret går føre seg i Sandnes, men det er òg tilsette med kontorstad i Sandnes, Ås, Steinkjer/Trondheim og Tromsø som bidreg i arbeidet. Dette fører til at senteret får ei god nasjonal dekning og tilgang på god kompetanse. Aktivitetane ved senteret skal komme til nytte for produksjonsdyrnæringa og forvaltninga i heile landet.
VI sitt arbeid for god beredskap vil i hovudsak bli retta mot meldepliktige/listeførte sjukdommar definerte i forskrift, og andre alvorlege kjente eller ukjente tilstandar. Beredskapsarbeidet vil vere innretta mot:
å føreseie den nasjonale og internasjonale helsesituasjonen gjennom overvaking og analyse
å førebyggje ved å etablere beredskapsplanar, forstå sjukdomsmekanismar og risikofaktorar
å oppdage og ha kunnskap om eventuelle smitte- og sjukdomssituasjonar
å nedkjempe sjukdommar ved å yte bistand til Mattilsynet med råd, analysar og diagnostikk
Det er stadig aukande behov for kunnskap om dyrevelferd i samfunnet. Veterinærinstituttet er eit sterkt kompetansemiljø på området, og skal bidra med kunnskapsutvikling og forvaltningsstøtte til styresmaktene og samfunnet elles.
VI vil leggje vekt på å støtte styresmaktene og næringane i vidareutvikling av konkurransekraftige bionæringar. Instituttet sitt mest sentrale bidrag her er forskingsbasert kunnskapsstøtte for betre å ta hand om helse og velferd i samband med berekraftig produksjon og uttak av biomasse på land og i havet. Sjå òg budsjettframlegg i Prop. 1 S (2024–2025) frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Kap. 1115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 1 541 860 | 1 570 528 | 1 630 585 |
22 | Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser | 27 201 | 13 986 | 14 517 |
71 | Tilskott til erstatningar, overslagsløyving | 23 161 | 4 193 | 4 193 |
Sum | 1 592 222 | 1 588 707 | 1 649 295 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Mattilsynet har hovudansvaret for å føre kontroll med at regelverket om mattryggleik, plantehelse, plantevernmiddel, dyrehelse, dyrevelferd, kvalitet og forbrukaromsyn blir etterlevd i heile matproduksjonskjeda.
Mattilsynet fører òg kontroll med at regelverket blir etterlevd på andre område. Dette gjeld mellom anna regelverk om dyrehelsepersonell, planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, husdyravl, kosmetikk og kroppspleieprodukt, og omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek.
Mattilsynet har òg oppgåver knytte til regelverksutvikling og internasjonalt arbeid. Området er sterkt påverka av internasjonale rammevilkår.
Det er verksemdene sjølve som har ansvar for å kjenne til og etterleve regelverket. God rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er sentralt. Mattilsynet vil bruke dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde når det er naudsynt for å sikre etterleving av regelverket.
Mattilsynet vil arbeide etter desse måla:
sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
vareta miljøvenleg produksjon
tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
Innanfor rammene av dei måla som er sette i lovgivinga, vil Mattilsynet samstundes arbeide på ein slik måte at dei tek omsyn til aktørane langs heile matproduksjonskjeda. Det omfattar òg marknadstilgang i utlandet.
Hovudverkemidla i arbeidet er å:
utvikle regelverk
rettleie om regelverk
handheve regelverk
overvake status og utvikling på området
ha god beredskap for handtering av hendingar og kriser
Folkehelseinstituttet, Havforskingsinstituttet, Norsk institutt for bioøkonomi og Veterinærinstituttet yter kunnskapsstøtte til Mattilsynet og har ein fagleg beredskap med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.
Mattilsynet innhentar uavhengige risikovurderingar frå Vitskapskomiteen for mat og miljø når det trengst i regelverksarbeidet og den utøvande forvaltninga.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 1 541,9 mill. kroner på posten.
Sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Trygg mat
Matborne sjukdomsutbrott har vore eit vesentleg problem, med fleire nasjonale tilfelle i 2023. Samarbeid mellom Mattilsynet, Folkehelseinstituttet, Veterinærinstituttet og kommuneoverlegar er avgjerande for å identifisere smittekjelder. To variantar av E. coli var ansvarlege for alvorlege utbrott, med mistanke om at hamburgarar og kjøttprodukt var smittekjelder. Det var også utbrott av listeriose med norsk røykt laks og aure som årsak, og eit salmonellautbrott knytt til importerte salatprodukt. Tiltaka inkluderte tilsyn, rettleiing og informasjonskampanjar for produsentar og forbrukarar.
Smilefjestilsyn har medverka til betre hygiene i serveringsbransjen. Prosentdelen av verksemder som fekk karakteren «smilefjes», var noko lågare i 2023 enn tidlegare år.
Det er utarbeidd ein rettleiar for tang- og tareproduksjon, og det er fastsett nasjonale maksimumsgrenser for visse næringsstoff i kosttilskott. Uroa for koffeininnhald i energidrikkar blant barn og unge har ført til råd om å setje i verk tiltak, inkludert betre kunnskap og restriksjonar på marknadsføring.
Mattilsynet implementerte i 2023 ei ny teknisk løysing for prøveregistrering i overvakingsprogrammet for framandstoff for landdyr for å forbetre effektiviteten og datakvaliteten.
Trygt drikkevatn
Det er om lag 1 400 vassforsyningssystem i Noreg som kvar forsyner meir enn 50 fastbuande personar. 99,6 pst. av dei som får vatn frå desse vassverka, får drikkevatn med tilfredsstillande hygienisk kvalitet.
Sjølv om dette er positive resultat, står drikkevassforsyninga framfor langsiktige utfordringar på tvers av sektorar, og fleire offentlege utgreiingar1 har peika på viktige avvik innan denne kritiske samfunnsfunksjonen. Det er behov for ein vesentleg innsats på dette området.
Nasjonale mål for vatn og helse, som følgjer opp Protokollen for vatn og helse under WHO og UNECE, blei revidert i 2023.
Forslag til endringar i drikkevassforskrifta blei oversendt til Helse- og omsorgsdepartementet i 2023 for å implementere krava i det nye drikkevassdirektivet.
Tilsynsaktivitet viste avvik knytt til farekartlegging og vassbehandlingspraksis hos om lag 40 pst. av vassverka.
I 2023 handsama Mattilsynet 1680 kommunale arealplanar og andre plansaker, og hadde innvendingar mot 43 av desse.
Tilsyn med primærprodusentar sin bruk av plantevernmiddel nær drikkevasskjelder blei gjennomført for å hindre forureining av drikkevatn.
Fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
Plantehelse
I 2023 blei det registrert nye påvisingar av regulerte skadegjerarar som raud marg, raud rotråte og potetcystenematode. Pærebrann har òg spreidd seg i stor grad, og det blir gjort justeringar i forvaltninga.
Ramorum greinvisning blei i 2023 funnen i planteskular, og Sharkavirus i plomme blei kartlagt for betre regulering. Mottakskontroll av importerte planter viste varierande etterleving av regelverket.
Sertifisering av settepoteter gir tryggleik mot alvorlege skadegjerarar, og prøvetaking av matpoteter viste ingen funn.
Digitalisering av plantesunnheitssertifikat og revisjon av plantehelseforskrifta var prioriterte tiltak for å styrkje kontrollen.
Fiskehelse
I oppdrettsnæringa har det vore bekymringar knytt til lakselus, sjukdommar som infeksiøs lakseanemi (ILA), pankreassjukdom (PD) og bakteriell nyresjuke (BKD) i tillegg til hendingar knytt til fiskelferd. Dødstal og sjukdomsutbrott varierer geografisk, med Vestlandet som eit høgrisikoområde.
ILA og PD har vore gjenstand for særskild merksemd, med aukande tilfelle av ILA-virusvarianten HPRO og uro for spreiing av PD utanfor endemiske område. Samstundes var talet på nye PD-tilfelle det lågaste på 17 år.
Biotryggleiken er for låg, og ein manglar ei fullstendig oversikt over utbreiing av smittsame sjukdommar som ikkje er meldepliktige. Mattilsynet arbeider med å fastsette kriterium for ei ny sjukdomsliste for å betre oversikta. Det er laga ein rettleiar for biotryggleiksplanar og nesten alle anlegg har blitt klassifiserte for risiko knytt til fiskehelse.
Mattilsynet arbeider med å leggje til rette for betre og automatiserte metodar for å telje lus på fisk. Målet er å kunne erstatte krav til manuell luseteljing med automatisk luseteljing.
Samarbeidet med Kystvakta er styrkt for å gjennomføre uvarsla inspeksjonar, og kunnskapsgrunnlaget for nye driftsformer og torskeoppdrett blir utvida for å møte framtidige behov og utfordringar.
Landdyrhelse
Mattilsynet har handtert fleire utfordringar i 2023, inkludert storfetuberkulose, fugleinfluensa, afrikansk svinepest og skrantesjuke. Storfetuberkulose blei oppdaga på tre gardsbruk, og det er tett samarbeid mellom næringa, Veterinærinstituttet og Mattilsynet om saneringa. Ingen høgpatogene utbrott av fugleinfluensa blei registrert i kommersielle fjørfeanlegg, men det blei påvist utbrott i hobbyfuglehald og eit stort utbrott som forårsaka massedød blant villfugl, særleg i måsearten krykkje. Afrikansk svinepest blei for første gong påvist i Norden, og som respons har norske styresmakter mål om å utrydde villsvin frå landet. Vidare har Mattilsynet gjennomført tilsyn og vedlikehaldsaktivitet for å kjempe mot skrantesjuke. Mattilsynet har saman med Miljødirektoratet levert utdjupande informasjon om alternativ knytt til reetablering av villrein i Nordfjella.
I tillegg har Mattilsynet arbeidd med oppdatering av sjukdomshandlingsplanar og førebyggjande smittevern. Mattilsynet har òg lansert ny registreringsløysning for fjørfe.
Fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Mattilsynet har delteke aktivt i arbeidet med ny stortingsmelding om dyrevelferd og nytt regelverk om dyrevelferd i EU. Mattilsynet samarbeider òg med politiet for å handtere saker om dyrevelferdskriminalitet.
Landdyrvelferd
Mattilsynet har sett i verk fleire tiltak og styrkt innsatsen mot alvorlege brott på dyrevelferdslova. Dette inkluderer utarbeiding av nye retningsliner, rutinar og kontrollrettleiingar.
Mattilsynet har òg introdusert eit digitalt verktøy kalla Drisk, for å støtte inspektørar med å identifisere risikodyrehald. Det blei gjennomført tilsyn med dyrevelferd i 1 975 dyrehald, og registrert regelbrott i 54 pst. av tilfella.
Meldingar om uro knytt til dyrevelferd har òg blitt følgde opp, og slike meldingar har auka med over 19 pst. samanlikna med året før.
Mattilsynet har publisert og gjennomgått resultata av tilsynskampanjen om dyrevelferd for svin. Kampanjen avdekte regelbrott hos majoriteten av svineprodusentane, og gjennomgangen i etterkant avdekte manglar i korleis Mattilsynet registrerer regelbrott i sine system.
Fiskevelferd
Om lag 63 millionar oppdrettslaks døde i sjøfasen (16,7 pst.) i 2023. Både i tal og prosent er dette det høgaste som er registrert. For regnbogeaure i sjø var det ein nedgang på 14 pst. i dødelegheit til 2,5 millionar. Det døde i tillegg 37,7 millionar laks og 2,4 millionar regnbogeaure i den landbaserte settefiskproduksjonen. Årsaka til dårleg velferd og høg dødelegheit er først og fremst infeksjonssjukdommar og handtering ved behandling mot lakselus.
Talet på lusebehandlingar er framleis høgt, men er redusert frå 4 176 i 2022 til 3 583 i 2023. Mekanisk metode var mest brukt. Nedgangen kan komme av auka effekt av førebyggjande metodar og tidlegare utslakting.
Reinsefisken si velferd er ei bekymring, og det er behov for betre kontroll og oppfølging. Mattilsynet har følgt opp fleire saker der reinsefisk ikkje blir sortert ut når laks skal bli behandla mot lakselus. Stadig fleire oppdrettarar sluttar å bruke reinsefisk sidan dei ikkje klarer å sikre god velferd og helse for fisken, og fordi effekten reinsefisken har på lakselusførekomsten er liten.
Regelverket for havbruksnæringa er under revisjon for å styrkje dyrevelferdskrava.
Fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Mattilsynet gjer årlege merkesjekkar av ulike matvaregrupper. Resultata av ein kampanje retta mot fiskematprodukt i 2023 blei publisert på Mattilsynets nettsider. Rapporten avdekte merkefeil i fleire av produkta. Dette er feil som hindrar forbrukarane i å ta informerte val, noko som indikerer at bransjen sjølv bør undersøkje om liknande avvik gjeld for andre produkt som ikkje blei inkludert i undersøkinga.
Mattilsynet har utvikla ei ny nettløysing for Matvaretabellen som gir betre informasjon om næringsinnhaldet i matvarer.
Mattilsynet har laga ein rettleiar for næringsaktørar i kosttilskottsbransjen med sikte på mellom anna å redusere førekomsten av ulovlege ingrediensar i kosttilskott.
Mattilsynet følgjer opp tilfelle av utrygge kosmetikk- og kroppspleieprodukt og tek i mot biverknadsmeldingar for kosmetiske produkt. Kontroll med netthandel av tannbleikingsprodukt avslørte omfattande manglar og ulovlege produkt.
Vidare godkjente Mattilsynet den første genmodifiserte rapsoljen til bruk i fiskefôr, med krav om merking og sporbarheit.
Vareta miljøvenleg produksjon
Debio fører tilsyn med økologiske gardar, akvakulturanlegg, foredlingsbedrifter, pakkeri, omsetnadsledd og importørar på vegner av Mattilsynet. Det er utfordrande å få ressursane til å strekkje til. Økoologiregelverket krev mellom anna minst 10 pst. uvarsla tilsyn, i tillegg til dei årlege revisjonane. I 2023 hadde ikkje Debio kapasitet til meir enn 2,1 pst. uvarsla tilsyn.
Regjeringa har sett fokus på berekraftig fôr i matproduksjonen, med mål om at alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr skal vere berekraftig og bidra til å redusere klimagassutslepp. Mattilsynet deltek aktivt i å utvikle retningsliner og mål for dette samfunnsoppdraget.
Mattilsynet arbeider for meir berekraftige matsystem gjennom erfaringsutveksling og deltaking i EUs arbeid gjennom EØS-avtalen.
Omsetnadsstatistikken for plantevernmiddel viser nedgang, men lagring av biorest under husdyrrom krev meir målretta tiltak og auka kunnskap for å redusere risiko. Mattilsynet undersøkte i 2023 rett bruk av plantevernmiddel hos primærprodusentar med dyrkingsareal i nærleiken av drikkevannskjelder. Formålet var å hindre forureining av drikkevatn gjennom rett bruk. Mattilsynet fant oftast mangelfull føring av sprøytejournal, spesielt vassjournal. Av alle dei punkta som blei sjekka, enda seks pst. med vedtak, der dei fleste omhandla plikta til å redusere risiko for vassforureiningar. Mattilsynet har erfart at enkelte delar av regelverket er vanskeleg å forstå. Det er difor eit mål å gjere det enklare å bruke godkjende plantevernmiddel rett.
Mattilsynet følgjer opp alle lokalitetar som overskrid lusegrensa på fisk. Sjølv om dei fleste lokalitetar blir drivne i samsvar med regelverket, er smittepresset på vill laksefisk framleis for stort, særleg på Vestlandet.
Vareta omsynet til aktørane langs heile matproduksjonskjeda, medrekna marknadstilgang i utlandet
Mattilsynet opplever stadige endringar i importregelverket, sertifikatkrav og listeføring i dei landa vi eksporterer til, der norske varer allereie er etablerte. Med dagens ressursar har Mattilsynet lagt vekt på å oppretthalde den eksisterande handelen. Mattilsynet har prioritert oppgåver knytte til å halde den etablerte handelen gåande, framfor å opne opp for nye marknader. Dette betyr at det er mange ønskje frå næringane om å arbeide for marknadstilgang som Mattilsynet ikkje kan imøtekomme.
Våren 2023 opna den første norske grensekontrollstasjonen for kontroll av sendingar i storsekk ved Karmsund Havn etter fleire år med førebuing. Dette har gjort import av mellom anna fiskefôr enklare og meir effektivt.
Mattilsynet gjekk i 2023 gjennom og inspiserte ti grensekontrollstasjonar fysisk, og suspenderte Storskog grensekontrollen mellombels. Mattilsynet handsamar fleire søknader om endringar ved ulike stasjonar, og arbeider med å gjere grensekontrollen meir effektiv og framtidsretta.
I tillegg har Mattilsynet vore aktive i internasjonale aksjonar for å nedkjempe ulovleg omsetnad av kjæledyr og pesticidar.
Mattilsynet har òg arbeidd aktivt med å oppretthalde og utvide marknadstilgangen for norske varer i land som Kina, Storbritannia, Brasil, Vietnam, Ukraina, Japan og Equador.
Vidare har Mattilsynet søkt om fristatus for Contageous bovine pleuropneumonia (CBPP), som vil lette marknadstilgangen for visse produkt frå storfe.
Totaltalet på utskrivne helsesertifikat auka frå 89 448 i 2022 til 96 650 i 2023. For sjømat åleine blei det utskrive 88 642 helsesertifikat. Digitaliseringa av helsesertifikat har òg vore ein prioritet, med signering av ei avtale om elektronisk utveksling med Sør-Korea og arbeid med å implementere ei løysing for elektroniske sertifikat til Storbritannia. Denne digitaliseringa vil gjere eksportprosessen meir effektiv og standardisert.
Resultatmål av meir generell karakter
Mattilsynet vektlegg digitalisering og utvikling
Mattilsynet har innført produktteam i sitt digitaliserings- og utviklingsarbeid for å levere betre verktøy og tenester til både interne og eksterne brukarar. Denne tilnærminga har vist gode resultat, og gjer det mogleg å reagere raskare på endringar og tilpasse seg brukarane sine behov meir effektivt. Mattilsynet har teke viktige steg for å sikre gode digitale verktøy i løysinga av samfunnsoppdraget, men det står att mykje arbeid som vil krevje vesentlege investeringar i åra framover for å sikre naudsynt framdrift i digitaliseringsarbeidet.
Arbeidet med regelverksutvikling og internasjonale standardar
Den viktigaste oppgåva Mattilsynet har for å oppfylle samfunnsoppdraget er å sikre at verksemder og innbyggjarar følgjer regelverket Mattilsynet forvaltar. Mesteparten av dette regelverket er omfatta av EØS-avtalen og utgjer om lag 40 pst. av alt regelverk som følgjer av EØS-avtalen. Mattilsynet deltek i utviklinga av EU/EØS-regelverket for å vareta norske interesser. I tillegg utarbeider Mattilsynet utfyllande regelverk der EØS-regelverket tillèt det, og nasjonalt regelverk der det er naudsynt. Mattilsynet legg alle endringar ut på opne høyringar på nettsidene sine og gjennomfører informasjons- og dialogmøte, inkludert interessentmøtet for EU/EØS-saker.
Rettleie om regelverk
Mattilsynet legg vekt på god dialog og rettleiing til verksemder og innbyggjarar. Dei rettleier og informerer på nett, på telefon, på bestilte rettleiingsmøte, ved tilsyn, i dialogmøte, gjennom smilefjesordninga og via sosiale og tradisjonelle medium. Mattilsynet har lansert nye nettsider med mål om å gi enklare oversikt over regelverkskrav og meir tilgjengeleg rettleiing på sine område. Dei har strukturert og organisert informasjonen og innhaldet slik at rettleiing er tilgjengeleg gjennom fleire kanalar. Det betyr at Mattilsynet kan dele same innhaldet på mattilsynet.no, til andre nettstader eller system. Gode nettløysingar er eit langsiktig arbeid, og det står framleis att mykje arbeid. Mattilsynet har som mål å utvikle fleire digitale og sjølvbetente løysingar med innebygd, god rettleiing, som skal gjere det enklare å gjere rett, og redusere risikoen for at tilsette og brukarar har ulik forståing av regelverket.
Handheve regelverk
Mattilsynet gjennomfører tilsyn for å sikre at krav og reglar blir overhaldne og gjer vedtak ved brott på regelverket. Kontrollforordninga stiller krav til korleis tilsyn skal gjennomførast, og god dialog med dei Mattilsynet fører tilsyn hos er avgjerande. Desse aktivitetane skal i hovudsak vere risikobaserte, slik at Mattilsynet brukar ressursane der dei gir størst effekt, og det skal brukast naudsynte og forhaldsmessige verkemiddel for å sikre at regelverket blir følgt. Inspektørar som er trygge i rolla og kommuniserer godt, i kombinasjon med verktøy som støttar inspektøren sitt arbeid, er viktig. Mattilsynet arbeider med kompetanseutvikling, utvikling av generelle tilsynsverktøy og bruk av data for eit meir kunnskaps- og risikobasert tilsyn. Mattilsynet følgjer òg opp ei rekkje brukarinitierte oppgåver, som til dømes søknader om godkjenning, sertifisering og attestering. Omfanget på desse oppgåvene varierer frå år til år.
Mattilsynet kartlegg, overvaker og analyserer tilstand
Mattilsynet held oversikt over status og utvikling innanfor sitt ansvarsområde ved å samarbeide med kunnskapsstøtteinstitusjonane og andre avtalepartar. Mattilsynet samarbeider med Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM) for å gjennomføre uavhengige risikovurderingar og med næringane og Forskingsrådet for å skaffe naudsynt kunnskap.
Handtering av hendingar
Mattilsynet har dei siste fem åra handtert mellom 200 og 300 beredskapshendingar årleg. Hendingar som kan truge folkehelsa, mattryggleiken, drikkevassforsyninga, i tillegg til helsa til planter, landdyr og fisk, blir prioriterte. Hendingar vil frå år til år ha ein naturleg variasjon i tal, omfang, kompleksitet og alvorsgrad som ikkje nødvendigvis kan tilskrivast noka spesifikk årsak. Mattilsynet ser likevel ein tendens til at hendingane har blitt meir komplekse og samansette dei siste åra.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 630,6 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Mattilsynet.
Ut over løns- og prisjustering føreslår regjeringa å auke Mattilsynets budsjett med 20,0 mill. kroner, til mellom anna arbeidet med akvakultur, matsvinn og dyrevelferd.
Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid
Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Codex Alimentarius Commission, WOAH og IPPC legg sentrale premissar for regelverksutviklinga internasjonalt. Mattilsynet vil følgje aktivt med i dei sentrale delane av arbeidet i desse organisasjonane.
Som følgje av EØS-avtalen blir grunnlaget for det norske regelverket hovudsakeleg utvikla i EU. Nærare 90 pst. av alle nye forskrifter og forskriftsendringar på Mattilsynets ansvarsområde er knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i internasjonale forum. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med tidleg og god dialog med relevante interessentar. Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet i EU med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske synspunkt, og vil prioritere regelverksområde der Noreg kan ha særlege interesser.
Mattilsynet skal òg bidra til å følgje opp dei internasjonale pliktene til rett tid, slik at gjennomføringa i norsk rett skjer på ein mest mogleg formålstenleg og brukarvenleg måte.
Mattilsynet har ei viktig rolle i å bidra til å fremje innspel til EUs regelverk tilpassa ein meir sirkulær gjenbruk og utnytting av nye ressursar, noko som mellom anna er sentralt for det målretta samfunnsoppdrag om berekraftig fôr, jf. omtale under kat. 1520. Som ei konkret oppfølging av samfunnsoppdraget er Mattilsynets arbeid på området styrkt med 5 mill. kroner årleg i perioden 2023–2025. Styrkt innsats på området skal leggje til rette for at restråstoff og biprodukt frå land og hav kan bli nytta til fôr.
Regjeringa legg vekt på forenkling for næringsaktørane der det let seg gjere utan at det går ut over dei omsyna og måla som Mattilsynet har for sitt arbeid.
Mattilsynet vil framleis prioritere arbeid med å modernisere plantehelseregelverket.
Rettleiing, kontroll og områdeovervaking
Regelverket for offentleg kontroll krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn. Tilsynet skal vere risikobasert og skje på det leddet i matproduksjonskjeda der verknaden er størst. Dette krev god kunnskap om tilstanden på dei ulike områda. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering. Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å sikre god kvalitet på tilsynsarbeidet.
God kjennskap til regelverket er ein føresetnad for å kunne etterleve det. Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å styrkje dialogen med næringane og forbrukarane med meir og betre rettleiing. Dette inneber betre rettleiing om kva for reglar som gjeld, korleis regelverket blir tolka, og kva Mattilsynet vil ha særskild merksemd på ved tilsyn.
Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold og aktuell risiko skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Mattilsynet vil vere løysingsorientert i møte med verksemdene, samstundes som ein praktiserer mest mogleg lik handsaming av verksemdene ved rettleiing, tilsyn og kontroll. Det er verksemdene sjølve som har ansvaret for å kjenne til regelverket og finne løysingar som gjer at dei etterlever det. Mattilsynet fører kontroll med at regelverket blir etterlevd.
Aktørane i matkjeda, inklusiv drikkevassområdet, treng digitale tenester for rapportering og tilgang til data som bidreg til auka effektivitet både for verksemdene og Mattilsynet, og dermed auka verdiskaping i næringa og i samfunnet. Ein betre digital dialog med aktørane i matkjeda vil føre til at desse får betre tenester ved deling av data. Mattilsynet kan med dette òg målrette og effektivisere den offentlege kontrollen, mellom anna på drikkevass- og dyrevelferdsområdet.
Mattilsynet legg vekt på å ha effektive og målretta kontrollar med færre kontrollpunkt. Slike tilsyn kan vere ein del av den faste tilsynsrutinen eller danne grunnlag for utvikling av store og små tilsynskampanjar. Smilefjestilsynet i serveringsverksemder er eit døme på dette. Mattilsynet vil vidareutvikle denne ordninga.
Mattilsynet forvaltar òg regelverk som ikkje er direkte knytt til risiko for helsa til folk, dyr eller planter, til dømes at merking av mat ikkje villeier forbrukarane. Også på desse områda vil ein ha målretta og effektiv kontroll. Mattilsynet vil innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at arbeidet blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram som følgjer av internasjonale avtaler eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet. Så langt det let seg gjere vil programma bli tilpassa slik at dei skal fange opp det aktuelle risikobiletet i Noreg. Mattilsynet vil arbeide vidare for å motverke matsvindel nasjonalt og internasjonalt og følgje opp EUs arbeid på dette området.
Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Arbeidet med å etterleve regelverket og halde oppe gode hygieniske forhold i alle verksemder i matproduksjonskjeda, krev at verksemdene har kontinuerleg merksemd i tillegg til aktivt og målretta arbeid frå Mattilsynet.
Regelverket om hygiene og kontroll legg vekt på at verksemdene sjølve har ansvaret for å etterleve krava og ha naudsynte system, rutinar og tiltak som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda frå og med primærproduksjon til og med omsetnad til forbrukarane. Dette gjeld òg ved import.
Mattilsynet vil ha merksemd på tiltak for å unngå matborne utbrott og at dei særlege garantiane som Noreg har i EØS-avtalen når det gjeld Salmonella i sendingar til Noreg av ulike slag kjøtt og egg, blir følgde opp.
Mattilsynet vil vidare halde fram arbeidet innan atomberedskap på matområdet.
Mattilsynet vil føre tilsyn med at vassforsyningsverksemdene og kommunane følgjer opp krava i drikkevassforskrifta for å vareta samfunnstryggleiken. Mattilsynet vil på sine område følgje opp dei nye nasjonale måla for vatn og helse og den tverrsektorielle gjennomføringsplanen. Mattilsynet vil leie Utval for vassforsyning som omtalt i Meld. St. 5 (2023–2024) En motstandsdyktig helseberedskap og bidra i arbeidet med å kartleggje situasjonen for naudvassforsyning, og utgreie om det er behov for tiltak på dette området. Mattilsynet vil dessutan delta i arbeidet innan sitt ansvarsområde med å følgje opp vassforvaltningsplanane.
Målet om å fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
God plante-, landdyr- og fiskehelse er føresetnader for produksjon av trygg mat og for verdiskaping i næringane. Det er naudsynt med gode tiltak og rutinar hos næringsaktørane for å førebyggje introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar.
Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, landdyr og fisk skal vere god. Førebyggjande tiltak og god beredskap mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos landdyr og fisk er viktig. Dette er òg viktig for å hindre utbrott av dyresjukdommar som òg kan gi sjukdom hos menneske (zoonosar). Mattilsynet må òg handtere hendingar på Mattilsynets område.
Overvaking og tiltak som held antibiotikaresistensen i norsk husdyrhald og havbruk på eit lågt nivå, vil halde fram. Mattilsynet vil ha ei rolle i arbeidet med sektorvise handlingsplanar mot antibiotikaresistens. Mattilsynet vil vidare følgje opp arbeidet knytt til antibiotikaresistens i internasjonale forum.
Mattilsynet vil prioritere arbeidet mot skrantesjuke. Sentrale oppgåver er å utforme den langsiktige forvaltninga av skrantesjuke gjennom mellom anna å kartleggje utbreiinga, leggje til rette for å etablere ein ny villreinflokk i Nordfjella og følgje opp vedtekne tiltak knytte til klassisk skrantesjuke på Hardangervidda. God dokumentasjon av tilstanden i Noreg er vesentleg. Vidare er naudsynt å ha tiltak for å hindre spreiing av smitte til tamrein og ville hjortedyr. Slike tiltak er sentrale for å kunne ta vare på næringsgrunnlaget til dei som utøver reindrift og sikre jaktmoglegheiter i framtida.
Utbrottet av den alvorlege sjukdomen afrikansk svinepest i Sverige i november 2023, var eit sentralt bakteppe for at regjeringa fatta nytt mål om å utrydde villsvin i Noreg. Mattilsynet og Miljødirektoratet har føreslått forsterka innsats som kan byggje opp under det nye målet. I 2025 blir tiltaka mot villsvin difor vidareført.
Mattilsynet vil framleis prioritere arbeidet med fiskehelse og biotryggleik, mellom anna gjennom biotryggleiksplanar, konsernrevisjonar, arbeidet for å redusere førekomsten av lakselus og kampen mot sjukdommane PD og ILA. Kriterium for meldepliktige sjukdommar på liste G vil bli følgt opp. Mattilsynet vil følgje opp den vidare tilsynsinnsatsen knytt til dei strengare miljøkrava ved produksjon i havbruksnæringa.
Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Mattilsynet vil leggje vekt på tilsyn med dyrevelferd, og vil utnytte verkemidla i dyrevelferdslova for å fremje god dyrevelferd.
Mattilsynet samarbeider med politiet om ordninga med dyrepoliti i alle dei tolv politidistrikta i landet. Målet er best mogleg handsaming av saker som gjeld alvorleg vanrøkt og overgrep mot dyr, slik at alvorleg kriminalitet mot dyr fører til ei eventuell straffesak og domfelling.
Mattilsynet vil framleis ha merksemd på risikobasert tilsyn med dyrevelferd i heile landet. Det er dyrehaldar som skal sørgje for god dyrevelferd for dyra sine. Det kjem stadig nye dyrevelferdsprogram for hald av produksjonsdyr på land, slik at fleire dyreartar blir omfatta. Dessa programma inneber eit tettare samarbeid mellom produsentar og veterinærar for å sikre god dyrevelferd, og gode rutinar og dokumentasjon av dyrehaldet.
Mattilsynet vil òg framleis følgje opp dyrevelferd hos kjæledyr, dels gjennom å føreslå nytt regelverk, ved tilsyn og ved å følgje opp bekymringsmeldingar om slike dyrehald.
Mattilsynet vil føre vidare den gode samhandlinga med miljøstyresmaktene ved tap på grunn av rovvilt, jf. rovviltforliket i Stortinget i 2011 og Meld. St. 21 (2015–2016) Ulv i norsk natur.
Mattilsynet vil prioritere arbeidet med fiskevelferd, spesielt i samband med reinsefisk og dødelegheit i oppdrettsnæringa. Mattilsynet vil òg ha merksemd på å halde oppe god fiskevelferd når oppdrettarar tek i bruk nye behandlingsmetodar og produksjonsformer.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Mattilsynet vil arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og heiderleg omsetnad blir følgt. Regelverket om merking av mat skal sikre at forbrukarane har tilgang til rett informasjon om eigenskapane til maten.
Mattilsynet vil fortsetje å bidra inn i EUs arbeid med å etablere maksimumsgrenser for vitamin og mineral i mat. Dersom arbeidet i EU dreg ut i tid, vil Mattilsynet fortsetje arbeidet med nasjonale maksimumsgrenser.
Mattilsynet har òg oppgåver i ernæringsarbeidet, særleg for tilsyn med merking, blant anna ernærings- og helsepåstandar og frivillig sunnheitsmerking (Nøkkelhòlet) og arbeid med Matvaretabellen, jf. Meld. St. 15 (2022–2023) Folkehelsemeldinga – nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar.
Mattilsynet vil framleis overvake om det er genmodifisert materiale i fôr og næringsmiddel. Sporforureining av genmodifisert materiale synest å vere størst i fôrvarer.
Mattilsynet vil vidare ta del i arbeidet med å utvikle regelverk knytt til matsvinn, og vil medverke i oppfølginga av den nasjonale strategien for økologisk landbruk på relevante område.
Målet om å vareta miljøvenleg produksjon
Mattilsynet vil bidra til at formålet i matlova om å vareta miljøvenleg produksjon blir oppfylt. Kvaliteten på og bruken av innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for ein miljøvenleg produksjon, og verkar òg inn på mattryggleiken og kvaliteten på maten.
Arbeidet for å redusere bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel vil bli ført vidare med utgangspunkt i gjeldande Handlingsplan for bærekraftig bruk av plantevernmidler. Mattilsynet vil følgje opp aktuelle tiltak relatert til planen og følgje utviklinga av regelverket i EU tett.
Mattilsynet vil medverke i oppfølginga av den nasjonale strategien for økologisk landbruk på relevante område.
Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
Mattilsynet vil bidra i arbeidet med å leggje til rette for marknadstilgang for norske produkt. Godt samarbeid med matstyresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.
Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at norsk sjømat er trygg og har rett kvalitet. For Noreg, som stor eksportør av sjømat, er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik, dyrehelse og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda.
Mattilsynet utferdar årleg kring 90 000 helsesertifikat. Majoriteten av sertifikata som Mattilsynet utferdar, gjeld eksport av sjømat. Mattilsynet nyttar òg mykje ressursar på å leggje til rette for å halde oppe og auke eksporten av sjømat til Kina. Mattilsynet vil arbeide vidare med tiltak for å effektivisere sertifikatarbeidet slik at utferdinga på norsk side i så liten grad som mogleg skaper hinder for eksporten. Digitalisering på området har starta opp, og arbeidet vil bli vidareført i 2025.
Andre område
Matsvinn
Reduksjon av matsvinn er eit tiltak for å redusere utslepp, og regjeringa vil mellom anna utarbeide ei matkastelovgiving og styrkje bransjeavtalen for reduksjon av matsvinn. Mattilsynet vil ta del i arbeidet med å utvikle regelverk knytt til matsvinn.
Dyrehelsepersonell
Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos dyrehelsepersonell, og vil leggje vekt på at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av antibiotika. Registeret over bruken av legemiddel til dyr (VetReg) er eit godt verkemiddel i overvakinga av bruken av antibiotika til dyr, og korleis dyrehelsepersonell føreskriv medisin. Mattilsynet skal følgje opp arbeidet med å utvikle VetReg.
Kosmetikk
Mattilsynet vil føre tilsyn og følgje opp arbeidet med å utvikle regelverket som skal sikre at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemessig trygge for menneske og dyr. Mattilsynet vil bidra i arbeid med endringar av kosmetikklova der det er naudsynt. Mattilsynet vil òg samarbeide med Folkehelseinstituttet om å overvake helseskadelege biverknader ved bruk av kosmetikk og kroppspleieprodukt.
Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser
Formål med løyvinga
På posten blir det ført utgifter Mattilsynet har til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 27,2 mill. kroner på posten.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,5 mill. kroner for 2025.
Post 71 Tilskott til erstatningar, overslagsløyving
Formål med løyvinga
På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har gitt naudhjelp til dyr etter dyrevelferdslova § 4 om hjelpeplikt, og til veterinærar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrehelsepersonellova § 14 om naudhjelp. På posten vil det òg bli ført utbetalingar for tiltak som er sette i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevelferdslova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå ein eigar.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 23,2 mill. kroner på posten. Hovuddelen av beløpet er knytt til utgifter i samband med kjæledyr tilhøyrande fordrivne frå Ukraina.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,2 mill. kroner for 2025. Utgifter knytt til kjæledyr tilhøyrande fordrivne frå Ukraina, blei frå 2024 ført på kap. 1115, post 01.
Kap. 4115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Gebyr m.m. | 208 457 | 205 253 | 225 795 |
02 | Driftsinntekter og refusjonar m.m. | 12 364 | 6 476 | 6 651 |
85 | Gebyr og tvangsmulkt m.m. | -1 402 | 7 000 | 7 000 |
Sum | 219 419 | 218 729 | 239 446 |
Post 01 Gebyr m.m.
Inntektene i 2023 blei 208,5 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 225,8 mill. kroner for 2025.
På posten blir det ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar, og gebyr for visse tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar. Ved budsjetteringa er det lagt til grunn ordinær prisjustering av gebyrsatsane.
Av auken i gebyr er 15,0 mill. kroner knytt til Mattilsynets arbeid med fiskehelse og akvakultur.
Post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.m.
Inntektene i 2023 blei 12,4 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 6,7 mill. kroner for 2025.
På posten blir det mellom anna ført diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek, og oppgåver knytt til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil det òg bli ført inntekter frå gebyr for særskilde ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane gir utanom ordinær arbeidstid.
Post 85 Gebyr og tvangsmulkt m.m.
Inntektene i 2023 blei -1,4 mill. kroner. Det negative resultatet kjem på grunn av refusjon av eit gebyr som var gitt i eit tidlegare år.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,0 mill. kroner for 2025.
På posten blir det ført inntekter frå overtredelsesgebyr, tvangsmulkt m.m., pålagde av Mattilsynet.
Programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling
Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
1136 | Norsk institutt for bioøkonomi | 267 963 | 271 785 | 278 450 | 2,5 |
1137 | Forsking og innovasjon | 634 175 | 619 836 | 660 340 | 6,5 |
Sum kategori 15.20 | 902 138 | 891 621 | 938 790 | 5,3 |
Inntekter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
4136 | Norsk institutt for bioøkonomi | 19 915 | 20 935 | 21 437 | 2,4 |
Sum kategori 15.20 | 19 915 | 20 935 | 21 437 | 2,4 |
Mål
Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. For å nå måla og leggje til rette for ei forskingsbasert forvaltning, legg departementet vekt på målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon, at kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning, og ein effektiv og sterk instituttsektor i samspel med andre. I tillegg er ei tett kopling mellom forsking og næringsliv sentralt for effektiv og berekraftig utnytting av dei fornybare biologiske ressursane som finst i Noreg.
Prioriteringar
Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon
Landbruket er ei høgteknologisk og kunnskapsintensiv næring. I tråd med sektorprinsippet for forsking skal Landbruks- og matdepartementets midlar til forsking og innovasjon byggje opp under næringa sine kunnskapsbehov.
I Meld. St. 5 (2022–2023) Langtidsplan for forskning- og høyere utdanning gir regjeringa uttrykk for kva område som skal bli prioritert dei kommande åra. Landbruks- og matforskinga bidreg til å nå måla i langtidsplanen gjennom å leggje til rette for ein berekraftig og kunnskapsbasert landbruks- og matsektor, matsikkerheit, auka verdiskaping, betre ressursutnytting og nye grøne arbeidsplassar.
I langtidsplanen lanserte regjeringa eit målretta samfunnsoppdrag om berekraftig fôr. Målretta samfunnsoppdrag er nyskapande og ambisiøse prosjekt der det er identifisert eit behov for at forsking og utvikling blir tett kopla med endringar i regelverk og politikk for å løyse konkrete utfordringar innan ei gitt tid. Regjeringa har vedteke at samfunnsoppdraget om berekraftig fôr skal ha som hovudmål at innan 2034 skal alt fôr til oppdrettsfisk og husdyr komme frå berekraftige kjelder, og bidra til å redusere klimagassutsleppa i matsystema. Samfunnsoppdraget skal bidra til å bevare naturmangfald, utvikle ein sterk fôringrediensindustri og auke forsyningssikkerheita i Noreg.
Samfunnsoppdraget er forventa å gi viktige bidrag til auka sjølvforsyning, i tråd med Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Det er mellom anna eit delmål for samfunnsoppdraget å auke delen norskproduserte råvarer i kraftfôr til husdyr frå 55 til 70 pst. innan 2034, i tillegg til å auke kvaliteten og delen grovfôr i fôrrasjonen til drøvtyggjarar. Mål og delmål som er sette for samfunnsoppdraget er ein kombinasjon av ambisjonar og kva som er forventa mogleg. For å lukkast med å utvikle fleire berekraftige fôrvarer og utnytte ressursane meir effektivt og sirkulært, vil det vere behov for ein heilskapleg og koordinert FoUI-innsats som dekkjer heile utviklingsløpet frå idé til marknad, og at innsatsen blir sett i samanheng med allereie igangsett arbeid med regelverksutvikling på området. Samfunnsoppdraget skal evaluerast i 2026, inkludert ein eventuell opp- eller nedskalering av delmåla. Det blir vist til nærare omtale av samfunnsoppdraget i Programkategori 17.20 i Prop. 1 S frå Nærings- og fiskeridepartementet.
Den komplekse samanhengen mellom matproduksjon, miljø og klima, og korleis desse gjensidig påverkar kvarandre, set krav til ei heilskapleg tilnærming. Ny kunnskap skal bidra til å nå måla om reduserte klimagassutslepp frå landbruket i tråd med intensjonsavtalen om klima mellom staten og jordbruket frå 2019 og Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030. Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – Sammen for et klimarobust samfunn, peikar på utfordringar og moglege løysingar som samfunnet, og under dette også landbruket, står overfor i møte med klimaendringane. I meldinga blei det slått fast at teknologiutvikling og ny kunnskap har ei sentral rolle i vidareutviklinga av eit framtidsretta og klimatilpassa landbruk. Eit berekraftig landbruk, der omsyn til klima, miljø og natur blir vareteke, har óg høg prioritet i årets jordbruksavtale (Prop. 105 S (2023–2024) Endringer i statsbudsjettet 2024 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2024), jf. nærare omtale under kap. 1150.
Eit berekraftig landbruk og utnytting av landbruket sine fornybare biologiske ressursar, set krav til oppdatert kunnskap om berekraftig bruk av areal, der omsyn til miljø og klima blir balansert mot omsyn til næringsutvikling. Jordvernstrategien frå 2023 har eit nytt og skjerpa mål for bruksendring av matjord, og nye konkrete tiltak for å nå dette målet. Kunnskap om jordressursane, og om forvaltninga av dei, kombinert med kunnskap som fremjar best mogleg utnytting av tilgjengeleg areal, er naudsynt for å nå målet. I Meld. St. 40 (2020–2021) Mål med mening – Norges handlingsplan for å nå bærekraftsmålene innen 2030, blir det vist til behov for kunnskap for å styrkje arbeidet med jordkvalitet, jordhelse og berekraftig bruk av jordbruksareal. Rapporten Nasjonalt program for jordhelse frå 2020 viser korleis auka kunnskap om god jordhelse har ei sentrale rolle for å halde ved lag produksjonsevna i jordbruket over tid, og for å ta hand om vatn, karbon, næringsstoff og jordliv. Ny kunnskap innan agronomi og nye metodar for jordarbeiding, har positive effektar på både miljø og avlingsnivå, og vil på sikt bidra til reduksjon av klimagassutslepp og auka karbonlagring. Behovet for auka kunnskap om agronomi og karbonlagring i jord er også påpeika i Meld. St. 11 (2023–2024) og i NOU 2023: 25 Omstilling til lavutslipp – Veivalg for klimapolitikken mot 2050. Nasjonal forskingsinnsats på dette området må sjåast i samanheng med EUs samfunnsoppdrag på jordhelse.
I regjeringa sin handlingsplan for sirkulær økonomi (2024–2025) blir det slått fast at matproduksjon og bruk av biologiske ressursar har ei sentral rolle i overgangen til ein meir sirkulær og berekraftig økonomi. Dei fornybare bioressursane kan utnyttast betre i sirkulære kretsløp, og dei kan bidra til å redusere bruken av, eller erstatte, ressursar med større klima- og miljøbelastning. I det oppdaterte Veikartet for grønt industriløft (Veikart 2.0), der skog- og trenæringa og anna bioøkonomi er eitt av innsatsområda, er det vist til moglegheiter og kunnskapsbehov knytte til auka foredling og meir effektiv bruk av fornybare biologiske ressursar.
Ein føresetnad for ein sirkulær bioøkonomi er at auka bruk av restråstoff og avfallsprodukt er trygt for folk, dyr og miljø, til dømes ved spreiing av miljøgifter, smittestoff og andre farlege stoff. Handlingsplanen for sirkulær økonomi legg vekt på kunnskap som kan bidra til trygg bruk av bioressursar i sirkulære kretsløp, irekna teknologiske løysingar og metodikk for å kartleggje og fjerne uønskte stoff i biologiske produkt, biprodukt og restråstoff. I tillegg til kunnskap som held ved lag den gode plante- og dyrehelsa i Noreg, vil det vere behov for ei kunnskapsbasert utvikling av eksisterande regelverk slik at det ikkje er til hinder for trygg og effektiv bruk og gjenbruk av ulike biologiske ressursar og restråstoff. Dette vil mellom anna vere sentralt for å lukkast med målsetjinga i samfunnsoppdraget på berekraftig fôr. Mattilsynet har ei viktig rolle ved å bidra til å fremje innspel til EUs regelverk tilpassa ein meir sirkulær gjenbruk og utnytting av nye ressursar, jf. omtale under kap. 1115.
Smitte som blir overført mellom dyr og menneske, direkte eller til dømes via mat, fôr og vatn, kan utgjere ein trugsel for vår helse og velferd. Det er framleis kunnskapsbehov knytt til samanhengen mellom plantehelse, dyrehelse, folkehelse, matproduksjon og miljø (Éi-helse), og eit behov for tverrsektoriell forskingsinnsats for å oppnå robuste, trygge og berekraftige matsystem. Ei slik tverrfagleg og heilskapleg tilnærming må òg leggjast til grunn i innsatsen mot antimikrobiell resistens (AMR), som er ein av dei største trugslar for global helse, matsikkerheit og moderne medisin. Regjeringa lanserte i september 2024 ny nasjonal éi-helse-strategi mot antimikrobiell resistens (AMR). Målet med strategien er å redusere risikoen for at resistensproblema aukar og avgrense konsekvensane AMR kan ha for helse, kostnader og produktivitet. Strategien er tverrsektoriell og har eit tiårsperspektiv. Basert på denne overordna strategien vil det bli utarbeidd sektorvise handlingsplanar der det er behov for det.
Utfordringane og kunnskapsbehova landbruks- og matsektoren står overfor er i stor grad dei same som i andre land, både i Europa og elles. Samstundes har auka geopolitisk uro og klimaendringar synleggjort behovet for nasjonal matproduksjon. Noreg har gode føresetnader for å bidra til ein global kunnskapsdugnad på område som berekraftig matproduksjon, klimarobuste produksjonsmetodar, mattryggleik og dyre- og plantehelse. Norsk deltaking i internasjonal forsking på landbruks- og matområdet vil dessutan bidra til å heve kvaliteten på forskinga, og gi norske forskingsmiljø og bedrifter betre tilgang til nettverk og infrastruktur. Regjeringa legg stor vekt på internasjonalt forskingssamarbeid og har høge ambisjonar til norsk deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa. I Strategi for norsk deltakelse i Horisont Europa og Det europeiske forskningsområdet frå 2021, kjem det fram at ambisjonar om auka norsk deltaking vil krevje omfattande mobilisering og eit godt samspel mellom nasjonale og europeiske forskingsmidlar. I tillegg legg Strategi for forsknings- og høyere utdanningssamarbeid med Brasil, Canada, India, Japan, Kina, Sør-Afrika, Sør-Korea og USA (2021–2027), Panoramastrategien, grunnlag for meir målretta og langsiktig forskingssamarbeid på landbruks- og matområdet.
Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning
Eit gjennomgåande bodskap i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning er at kunnskapen må takast i bruk. Ny kunnskap, teknologi og innovative løysingar har lita nytte om dei ikkje blir gjort tilgjengelege og blir tekne i bruk av næring og forvaltning. Offentleg finansiert forsking må difor vere relevant for næringa, og bidra til at næringslivet styrkjer sin eigen forskingsinnsats. I regjeringa sin Strategi for å øke næringslivets investeringer i forskning og utvikling (2024) er det peika på ei rekkje tiltak for å stimulere til auka forsking og utvikling i næringslivet.
Landbruks- og matsektoren har lange tradisjonar for samarbeid mellom styresmakter, næringsaktørar, rådgivingstenester og kunnskapsmiljø. Det gjer at sektoren har eit godt utgangspunkt for at ny kunnskap er relevant og kjem til nytte, gitt at resultata frå landbruks- og matforskinga blir gjort tilgjengeleg for dei som kan ta den nye kunnskapen i bruk. Både forskingsmiljøa og Noregs forskingsråd har eit ansvar for å formidle resultat frå forskinga. I tillegg til samarbeid mellom relevante aktørar, vil eit godt utdanningstilbod bidra med høg kompetanse i alle ledd, og leggje grunnlag for at ny kunnskap blir teken i bruk.
I tillegg til forsking og kunnskap som bidreg til auka berekraft og verdiskaping i næringa, må forskingsbasert kunnskap liggje til grunn for politikkutvikling og forvaltning. Ei målretta politikkutforming for landbruks- og matsektoren krev kontinuerleg tilgang på oppdatert kunnskap. Samfunnsvitskapleg forsking på landbruks- og matområdet gir oss meir kunnskap om rolla til landbruket, lokal og regional utvikling og kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket. Det same gjeld forholdet mellom landbruket og samfunnet elles. Samfunnsvitskapleg forsking er òg viktig for auka kunnskap om samspelet mellom politikk, forvaltning og næring.
Primærlandbruket og industrien som foredlar mat og fiber, er høgteknologisk og kunnskapskrevjande, og eit framtidsretta landbruk treng kompetent arbeidskraft. Det krev høg kompetanse både hos næringsutøvarar, rådgivarar og i utdanningsinstitusjonane. Landbruks- og matdepartementet er oppteke av å ha gode og relevante landbruksutdanningar, og at det blir etablert gode samarbeidsarenaer for dei ulike aktørane i næringa og hos relevante utdanningsinstitusjonar, frå vidaregåande skule, til fagskule, høgskule og universitet. Departementet følgjer rekruttering til dei ulike fagtilboda og utviklinga av desse tett.
I tillegg til tilbod gjennom det ordinære utdanningssystemet bør det òg leggjast til rette for livslang læring, mellom anna gjennom fleksible etter- og vidareutdanningstilbod. Det gjeld både for dei som er i næringa, og dei som ønskjer å gå inn i næringa. Vaksenagronomordninga er eit godt døme på dette.
Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre
Instituttsektoren skal utvikle kunnskapsgrunnlag for politikkutforming og bidra til berekraftig utvikling og omstilling gjennom forsking av høg kvalitet og relevans. Dei statlege forskingsinstitutta i landbruks- og matsektoren må vere kostnadseffektive, og bruke ressursane på dei kunnskapsbehova som er strategisk viktige for norsk landbruk framover.
Institutta må arbeide for å oppnå forsking av høg kvalitet og relevans, eit godt omdøme og høg konkurransekraft. Nasjonale og internasjonale konkurransearenaer, strategiske løyvingar og systematisk oppbygging av kompetanse skal leggje til rette for høg kvalitet i forskingsinstitutta i landbruks- og matsektoren. Departementet er òg oppteke av at sektoren har ei god kopling mellom samfunnsvitskapleg og naturvitskapleg forsking, og eit godt samarbeid med andre relevante forskingsinstitusjonar om tverrsektoriell og tverrfaglig kunnskapsutvikling.
Norsk institutt for bioøkonomi skal kartleggje og ha kunnskap om biologiske ressursar og arbeide for at kunnskapen bidreg til berekraft og næringsutvikling i sektoren.
Veterinærinstituttet (VI) har biomedisinsk kompetanse som må nyttast mest mogleg effektivt for å fremje høg beredskap, god dyrehelse og dyrevelferd, og gode råd til forvaltninga. VI skal òg bidra til næringsutvikling og konkurranseevne, både i blå og grøn sektor.
Departementet har òg eit grunnfinansieringsansvar for Institutt for rural- og regionalforsking (Ruralis). Ruralis forskar mellom anna på bygdeliv, ressursforvaltning, kommunal- og regionalutvikling, samhandling mellom bygd og by og verdikjeda for mat og næringsutvikling.
Kap. 1136 Norsk institutt for bioøkonomi
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
50 | Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap | 267 963 | 271 785 | 278 450 |
Sum | 267 963 | 271 785 | 278 450 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje fagleg aktivitet i Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). NIBIO er det største tverrfaglege forskingsinstituttet innanfor landbruk og miljø i Noreg. Det er organisert som eit statleg forvaltningsorgan med særskild fullmakt. Instituttet arbeider med forsking, forvaltningsstøtte og oppdrag i marknaden. NIBIO skal vere nasjonalt leiande i arbeidet med å utvikle kunnskap om bioøkonomi der ulike samfunnsomsyn også inngår. Instituttet har hovudkontor på Ås, og har einingar på 15 stadar i alle landsdelar.
NIBIO har følgjande mål:
Hovudmål: Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til å nå hovudmåla i landbruks- og matpolitikken
Delmål: Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon
Delmål: Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning
Delmål: Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre
Løyvinga skal i første rekkje bidra til målet om at Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning. Løyvinga skal nyttast innanfor følgjande faglege innsatsområde: 1) klima, 2) mat- og planteproduksjon, 3) beredskap, plantehelse og mattryggleik, 4) skog og utmark, 5) arealressursar, 6) genressursar, 7) kart og geodata og 8) føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 268,0 mill. kroner på posten.
Mat og planteproduksjon
NIBIO har vidareført ei omfattande utprøving av nye plantesortar i korn, grovfôr- og matvekstar på friland og i veksthus. Det er lansert nye sortar som blir testa under ulike klimaforhold og dyrkingsteknikkar for å vurdere deira potensial i produksjon av fôr og mat. Vidare har NIBIO arbeidd mykje med å utvikle løysingar for betre gjødsling som både er minst mogleg belastande for klima og miljø og som tek omsyn til økonomien til bonden. NIBIOs kunnskapsutvikling på planteområdet dekkjer både konvensjonell og økologisk produksjon. Resultata blir formidla raskt til næringa slik at nye sortar og oppdatert kunnskap om utfordringar og moglegheiter enkelt kan takast i bruk. NIBIOs senter for arktisk landbruk bidreg til å gjennomføre satsinga i jordbruksavtalen i 2023 på auka matproduksjon i nord. Mellom anna er det gjennomført ei kartlegging av ressursar i kommunal landbruksforvaltning og ei vurdering av særleg sårbare jordbruksområde i landsdelen. Det har også vore arbeidd med fleire prosjekt knytte til auka bruk av utmark, matsikkerheit og beredskap i nord.
Miljø og klima
Program for jord- og vassovervaking i landbruket (JOVA) har gått føre seg i over 30 år. Dette bidreg til kunnskap om prosessar og nivå på jord- og næringsstofftap, i tillegg til tap av plantevernmiddel i jordbruksområde gjennom analyse av dei lange tidsseriane med overvakingsdata. Resultata dannar grunnlag for forvaltninga si prioritering av tiltak mot tap av næringsstoff og forureining av plantevernmiddel. Vidare er det starta eit arbeid med å dekkje kunnskapshol om flytting og etablering av nye jordbruksareal. Siktemålet er å utvikle prinsipp for beste praksis for jordflytting.
Beredskap, plantehelse og mattryggleik
Utvikling av resistens mot plantevernmiddel er ei utfordring for landbruket. NIBIO gjennomfører difor løpande resistensundersøkingar i aktuelle mat-, fôr og prydplantekulturar. Vidare har instituttet utført eit omfattande arbeid med å utvikle friskt plantematriale gjennom diagnostisering av planteskadegjerarar, prognosar og varsling. Tenesta Varsling Innan Planteskadegjerarar (VIPS) er sentral for å informere om og kjempe mot planteskadegjerarar i viktige jord- og hagebruksvekstar. Det er starta ei fornying av VIPS med sikte på nye tenester og auka brukarvenlegheit.
Ein viktig del av arbeidet med å sikre god plantehelse er å gi faglege råd til Mattilsynet. NIBIO bidreg òg med faglege innspel til EU om utvikling av regelverket på dette området. I 2023 er det analysert prøver av importert og norskprodusert mat med omsyn til restar av plantevernmiddel. Målsetjinga er å ha ein effektiv matvarekontroll og trygg mat. Instituttet arbeider kontinuerleg med kompetanseoppbygging innan GMO- og genredigeringsteknologi for å byggje kompetanse om teknologiutvikling og lovregulering nasjonalt og internasjonalt.
Skog og utmark
Innanfor området skog og utmark har NIBIO vidareført arbeidet med Miljøregistreringar i skog og Landsskogtakseringa. Data frå Landsskogtakseringa er avgjerande for å utarbeide prognosar og framskrivingar av hogstvolum for ulike treslag. Dette er viktig for planlegging av nye industrietableringar og for prioriteringar av utbygging av infrastruktur i skogen. Dataene bidreg òg til overvakingsprogramma for skogskadar og for hjortevilt.
I 2023 har NIBIO utvikla og forbetra det nasjonale skogressurskartet SR16. Dette er landsdekkjande og blir bruka aktivt av store delar av skognæringa og forvaltninga. NIBIO held også ved like databasen www.skogskader.no. Her er det historiske data om skogskadar, og brukarane kan rapportere skadar.
Det er òg utarbeidd årlege data og berekningar som inngår i den norske klimagassrekneskapen. Instituttet har eit vesentleg tal langsiktige feltforsøk i skog. Desse gir moglegheit for mellom anna kontrollerte skogbehandlingsmetodar og kunnskap om langsiktige effektar av desse.
I 2023 gjennomførte instituttet den første feltsesongen i det nyoppretta programmet for nasjonal jordkarbonovervaking. Dette skal følgje opp FNs krav knytt til skogsjord i klimagassrekneskapen. NIBIO brukar data frå langsiktige feltforsøk i mange nasjonale og internasjonale publikasjonar og til kunnskapsformidling blant skogeigarar og forvaltning.
I 2023 har NIBIO hatt ei omfattande formidling av forskingsresultat knytte til bruk av tre og til potensialet for auka bruk av tre. Siktemålet er både berekraftig skogbruk og lønsame skog- og trebaserte verdikjeder. Andre innsatsområde har vore auka bruk av bioenergi. Vidare har NIBIO i 2023 utarbeidd rapportar og fagartiklar om mellom anna trevirket sine miljøeigenskapar, potensial for auka bruk av bjørk, karbonlagring i treprodukt, sirkulær bruk av tre i tillegg til haldbarheit og levetid til treprodukt.
På reindriftsområdet har NIBIO levert omfattande bidrag til arbeidsgruppa som har utarbeidd rapporten Klimatilpasning i reindriften. Ei anna sentral oppgåve har vore å starte arbeidet med å utarbeide metodikk for konsekvensutgreiingar knytte til reindrifta. Det har også vore arbeidd med uttesting av teknologisk løysing for individmerking i reindrifta med gode resultat.
Arealressursar
Arbeidet med jordsmonnkartlegging har blitt vidareført, og per nå er 59 pst. av all fulldyrka og overflatedyrka jord kartlagt med omsyn til eigenskapar. Dataene blir bruka av Statsforvaltarar, fylkeskommunar, kommunar, landbruksnæringa og utbyggjarar. I 2023 har NIBIO vidareført arbeidet med arealrekneskap for utmark og oppdatert Informasjonssystem for beitebruk i utmark (IBU).
I samarbeid med kommunar og landbruksnæringa, har instituttet kartlagt utmarksbeite i ni nye kommunar. Data herifrå er mellom anna viktig for kommunane sitt arbeid med arealplanar, landbruksplanar og beitebruksplanar. Instituttet driv Overvakingsprogrammet 3Q (Tilstandsovervaking og resultatkontroll i jordbruket sitt kulturlandskap). Programmet dokumenterer endringar i arealbruk, kulturminne og kulturmiljø, biologisk mangfald og tilgjengelegheit på eit representativt sett av overvakingsflater.
Instituttet har ei viktig oppgåve i å arbeide med jordovervaking og jordhelse. Dette knytter seg mellom anna til EU-direktiv om jord, som er under utarbeiding. I 2023 utvikla NIBIO ein metode for gjennomføring av eit nasjonalt overvakingssystem for jordhelse.
Genressursar
Gjennom Norsk genressurssenter har NIBIO bidrege til god forvaltning av genetiske ressursar innan husdyr, nytteplanter og skogtre. Senteret er eit rådgivande organ for landbruks- og matforvaltninga, og deltek i nordiske og internasjonale organisasjonar i arbeidet med genressursforvaltning. Instituttet har årleg publisert nøkkeltalsrapport som viser status og utvikling i landbrukets genetiske ressursar i Noreg. Genressurssenteret har i 2023 oppdatert Kuregisteret med status over bevaringsverdig storfe og sørgt for jamleg samkøyring av data frå Kukontrollen og Storfekjøttkontrollen. Genressurssenteret har aktivt følgt opp frivillige aktørar som deltek i genressursbevaringsarbeidet, teke del i fleire fagprosjekt og utarbeidd informasjon med formålet å bevare truga husdyr, nytteplanter og skogtre.
Kart og geodata
I 2023 har instituttet kartlagt og informert om arealressursane i landbruket. Dette bidreg til betre arealforvaltning og ressursutnytting. Det nasjonale arealressurskartet AR5 er halde ved like. Dette skildrar tilstanden for arealressursane knytte til jord- og skogbruk, og blir nytta av mange offentlege og private aktørar i samfunnet. Instituttet tilbyr òg gode digitale brukartenester som Gårdskart, Kilden, Arealressursstatistikk og Arealbarometer.
Føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi
Gjennom Driftsgranskingar for jord- og skogbruk har NIBIO utarbeidd oppdatert informasjon om den økonomiske utviklinga i landbruket og på gardsbruk der ein vesentleg del av inntekta kjem frå jord- og skogbruk. Driftsgranskingane gir ein årleg status for inntekter, kostnader, investeringar og arbeidsinnsats. Dette gir grunnlag for å evaluere innverknaden av både politiske vedtak og andre rammevilkår på gardsnivå for ulike produksjonsformer. I 2023 har data frå driftsgranskingsmaterialet òg blitt brukt i arbeidet med å utarbeide ny gjødselforskrift, i fleire forskingsprosjekt og i ei rekkje nasjonale utgreiingar.
I tillegg leverer driftsgranskingane datagrunnlaget for Budsjettnemnda for jordbruket sine referansebruksberekningar. NIBIO er sekretariat for Budsjettnemnda for jordbruket, og har saman med nemnda utarbeidd talmaterialet som jordbruksforhandlingane byggjer på.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 278,5 mill. kroner. Innanfor løyvinga på posten er desse områda særleg prioriterte:
Klima
NIBIO skal vidareutvikle klimarelevant kompetanse innanfor jordbruk, skogbruk, reindrift, arealbruk og arealplanlegging. Dette gjeld særleg opptak og utslepp av klimagassar i landbruket, karbonlagring i landøkosystema, konsekvensar av arealbruk og arealbruksendringar og tilpassing til eit klima i endring. Klimautvalet 2050 leverte sin rapport i oktober 2023. NIBIO vil vere ein sentral aktør i oppfølginga av dette arbeidet.
Mat og planteproduksjon
Løyvinga skal bidra til utvikling av kunnskap om auka produktivitet, betre kvalitet og lønsam planteproduksjon under ulike dyrkings- og klimaforhold. I dette ligg òg utvikling av kunnskap for å fremje økologisk produksjon. Vidare er det behov for kunnskap som gir redusert bruk og redusert risiko ved bruk av kjemiske plantevernmiddel og meir bruk av alternative metodar til erstatning for plantevernmiddel. Det er behov for kunnskap som styrkjer grunnlaget for godkjenning av plantevernmiddel i Noreg, inkludert kunnskap om effektar på miljø under norske forhold. NIBIO skal vidare utvikle kunnskap som skal bidra til auka bruk av norske fôrressursar. Løyvinga skal òg bidra til å få fram effektive verkemiddel frå forvaltninga si side slik at dei politiske måla for norsk jord- og skogbruk, inkludert miljø- og klimapolitiske mål, blir nådde.
Beredskap, plantehelse og mattryggleik
NIBIO skal prioritere kunnskap om planteskadegjerarar og ha beredskap for å kunne handtere sjukdommar og skadeorganismar som trugar den gode plantehelsa i Noreg. Løyvinga skal bidra til beredskap og kompetanse om verkemåtar og verknader av ulike plantevernmiddel og andre innhaldsstoff i planter som potensielt er skadelege. Som nasjonalt referanselaboratorium skal NIBIO ha kapasitet til å utføre analysar for restar av plantevernmiddel og for planteskadegjerarar.
Skog og utmark
Landsskogtakseringa, som gir oversikt over skogressursane i Noreg, skal framleis ha høg prioritet. Det same gjeld FoU-arbeid knytt til miljøregistreringar i skog og utvikling av skogbruksplanlegginga.
Arbeidet med kartløysinga Skogportalen skal førast vidare. Kartløysinga gir ressurs- og miljøinformasjon for næring og forvaltning, og står sentralt i den kunnskapsbaserte skogforvaltninga. NIBIO har òg i oppgåve å halde dokumentet Bærekraftig skogbruk i Norge oppdatert.
Langsiktige feltforsøk på eit utval norske treslag skal framleis prioriterast. Feltforsøka er sentrale for historisk dokumentasjon av skogutviklinga, og dei bidreg til eit berekraftig skogbruk og gir kunnskap om rolla skogen har i klimapolitikken. Det er framleis naudsynt å etablere nye langsiktige forsøksfelt for skogproduksjonsforsking. NIBIO skal òg delta i internasjonalt samarbeid om skog og ha ansvaret for rapportering på området.
NIBIO skal halde fram med å utvikle kunnskap om klimaendringar og behovet for klimatilpassingar innanfor skogbruk, jordbruk og arealbruk. Kunnskapen skal gi grunnlag for å utvikle effektive tiltak og verkemiddel for å redusere klimagassutslepp, og vise økonomiske konsekvensar av tiltaka. NIBIO skal bidra til klimarapportering og utrekningar knytte til klimarammeverket for skog- og arealsektoren i avtalen med EU.
Instituttet skal framleis ha beredskap knytt til funn av skadar på skog i ein tidleg fase, både for å hindre at nye skadegjerande soppar og insekt etablerer seg i Noreg, og for å finne tiltak mot spreiing av dei som allereie har etablert seg. NIBIO skal òg bidra med relevant kunnskap til beredskapsarbeidet i skogbruket, til dømes kunnskap som er til nytte ved skogbrannberedskap, skadekartlegging og opprydding etter storm. Instituttet skal føre vidare arbeidet knytt til berekraftig forvaltning og bruk av utmarksressursar og næringsutvikling på dette området.
Arealressursar
Løyvinga skal nyttast til vedlikehald av det nasjonale arealressurskartet AR5, Landsskogtakseringa, Arealrekneskapen for utmark og reindrifta sine arealbrukskart. I dette arbeidet inngår mellom anna kartlegging av jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar og vegetasjonskartlegging for å betre utnyttinga av beiteressursane. Vidare inngår systematisk overvaking av miljøverdiar i kulturlandskapet. NIBIO vil òg få i oppgåve å føre vidare arbeidet med statistikk om utmarks- og landbrukseigedommar.
Genressursar
For norsk landbruk er det viktig at produsentane i framtida har eit tilstrekkeleg genetisk mangfald å hauste av når mat og andre landbruksprodukt skal produserast. I den samanhengen skal NIBIO bidra med kunnskap for ei effektiv forvaltning av dei genetiske ressursane i landbruket og bidra til å setje i verk nasjonal tiltaksplan som operasjonaliserer strategi for bevaring og berekraftig bruk av landbruket sine genressursar. NIBIO skal overvake statusen til nasjonale genressursar og rapportere i saker som gjeld desse, nasjonalt, nordisk og internasjonalt. Prioriterte oppgåver i 2025 vil vere å ferdigstille organisering av eit nytt nasjonalt bevaringssystem for klonformerte planter og støtte tiltak for auka tilbod av oppformerings- og avlsmateriale av bevaringsverdige husdyrrasar, planter og skogtrær til produsentane.
Kart og geodata
NIBIO skal utvikle nettbaserte kart- og geodatatenester ut frå behova til ei rekkje aktørar i samfunnet, både i og utanfor sektoren. Ny statistikk og nye temakart vil bli utvikla i tråd med behova. NIBIO forvaltar òg kart for Landbruksdirektoratet som viser reindrifta sin arealbruk.
Instituttet har ansvar for landbruket sitt bidrag til Geovekstsamarbeidet. Vedlikehald av arealressurskarta, løysinga for Noreg i bilete og regelmessig nasjonal omløpsfotografering, skal samla sett bidra til god dekning av detaljerte kart og flybilete over jord- og skogareala. Kommunane vil få kunnskapsstøtte til oppdatering og vedlikehald av karta.
NIBIO skal bidra til å vedlikehalde og utvikle fellesløysingane i den geografiske infrastrukturen. Det internasjonale samarbeidet på kartområdet, som instituttet deltek i, blir ført vidare.
Arbeidet med å delta i Copernicus, som er EU sitt program for jordobservasjon, blir ført vidare. NIBIO og Statens kartverk vil bidra i utviklinga av landtenesta i Copernicus. Noreg er òg med på utviklinga av Galileo, eit europeisk system for satellittnavigasjon. Instituttet skal i denne samanhengen yte kompetansestøtte innanfor landbruksrelaterte tema.
Føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi
NIBIO har eit særskild ansvar for økonomisk statistikk, utgreiing og forsking som omfattar både eit samfunnsøkonomisk og eit føretaksøkonomisk perspektiv på landbruket. Instituttet skal levere eit godt kunnskapsgrunnlag for økonomiske og politiske avgjerder i sektoren. NIBIO skal òg utarbeide materiale som grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket, og ha rolla som sekretariat for nemnda etter avtale med departementet. I tillegg får instituttet ein del særskilde utgreiingsprosjekt av departementet.
Naturfaglege og landbruksfaglege tema skal setjast inn i eit samfunnsmessig perspektiv for å styrkje relevansen av instituttet sin kunnskapsproduksjon og formidling. Det er viktig å sikre god kompetanse knytt til Driftsgranskingane og gardsøkonomi. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader, endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane dette har for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon, er aktuelle tema for kunnskapsutvikling i åra framover.
Data frå driftsgranskingane og totalkalkylen er ein del av den nasjonale statistikken i Noreg, og departementet legg vekt på at statistikkane òg blir brukte til forsking og utgreiing. Arbeidet med å oppgradere og fornye IKT-systema til Budsjettnemnda og Driftsgranskingane skal halde fram i 2025.
Kap. 4136 Norsk institutt for bioøkonomi
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
30 | Husleige | 19 915 | 20 935 | 21 437 |
Sum | 19 915 | 20 935 | 21 437 |
Posten gjeld husleige for eigedommar NIBIO leiger av Landbruks- og matdepartementet. Inntektene i 2023 var 19,9 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 21,4 mill. kroner for 2025.
Kap. 1137 Forsking og innovasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
54 | Næringsretta matforsking m.m. | 228 180 | 225 000 | 240 000 |
70 | Innovasjonsaktivitet m.m., kan overførast | 2 818 | 2 920 | 2 997 |
71 | Forskingsaktivitet – Noregs forskingsråd, kan overførast | 200 090 | 184 156 | 204 327 |
72 | Grunnløyvingar til forskingsinstitutt – Noregs forskingsråd | 203 087 | 207 760 | 213 016 |
Sum | 634 175 | 619 836 | 660 340 |
Post 54 Næringsretta matforsking m.m.
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje forsking innanfor produksjon av nærings- og nytingsmiddel, i tillegg til produksjon av fôrkorn til husdyr. Fondet sine midlar blir forvalta av eit styre samansett av representantar frå heile verdikjeda for mat. Sentrale fagområde er mat- og planteproduksjon, klima, miljø og berekraft, auka konkurransekraft og meir effektiv ressursbruk i sektoren. Løyvinga skal i hovudsak tildelast næringsrelevante forskingsprosjekt etter open utlysing og konkurranse. Løyvinga dekkjer òg matforskingsinstituttet Nofima AS sine fleirårige strategiske program.
Løyvinga er finansiert av forskingsavgifta på landbruksprodukt, jf. kap. 5576, post 70, og blir forvalta av eit styre som er oppnemnt av departementet.
Rapportering 2023
Avgiftsinnbetalinga i 2023 blei 228,2 mill. kroner, og dette blei overført til Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt. I løpet av året blei 19 forskingsprosjekt avslutta og 65 nye prosjekt innvilga. Ved starten av 2024 hadde ordninga 140 pågåande prosjekt i si portefølje.
I samarbeid med styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen (JA), blei det i 2023 lyst ut 180 mill. kroner til samarbeidsprosjekt og 75 mill. kroner til innovasjonsprosjekt i næringslivet. Fondet sine midlar skal bidra til å nå dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla og støttar forsking frå primærleddet til industri- og forbrukarleddet. Resultata frå prosjekta gir viktige bidrag til både forvaltning og næringsutvikling. Styret har over fleire år prioritert dei landbrukspolitiske måla i utlysing av midlar til nye forskingsprosjekt. Styret vurderer at prosjektporteføljen for 2023 treff desse, og deira tilhøyrande delmål, godt. Særleg klima og miljø har vore løfta fram som viktige område der det er behov for meir kunnskap. Dette har auka den delen av pågåande prosjekt som støttar opp om målet berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.
I 2023 fekk matforskingsinstituttet Nofima AS 75,3 mill. kroner frå fondet til fire fleirårige strategiske program. Programma tek for seg område som sunnare mat, ein berekraftig matindustri, auka innovasjon i industrien og trygg og haldbar mat. Styret for ordninga har òg tildelt 3,0 mill. kroner til MILJØFORSK i Noregs forskingsråd.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 240,0 mill. kroner. Departementet gjer òg framlegg om ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 1137, post 54 og kap. 5576, post 70, jf. vedtak II.
Post 70 Innovasjonsaktivitet m.m., kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje innovasjonsaktivitet i landbruks- og matsektoren.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 2,8 mill. kroner på posten. Dette blei gitt som tilskott til landbruket sitt klima- og energisenter ved Mære landbruksskole for å vidareutvikle senteret som ein FoU-arena der nye klimaløysingar, for og med landbruket, skal utviklast og visast fram. Tilskottet er brukt til å leggje til rette for demonstrasjonsanlegg, forsking, utviklingsprosjekt og kompetanseformidling.
Kompetanseformidling har hatt merksemd i 2023, og senteret har lukkast med ein vesentleg auke i deltakarar på kurs, webinar, føredrag og omvisingar.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,0 mill. kroner. Løyvinga vil bli nytta som tilskott til landbruket sitt klima- og energisenter ved Mære landbruksskole.
Post 71 Forskingsaktivitet – Noregs forskingsråd, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje forskingsaktivitet i regi av Noregs forskingsråd. Løyvinga skal bidra til å nå hovudmåla på landbruks- og matområdet, inkludert dei forskingspolitiske delmåla.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 200,1 mill. kroner på posten. Noregs forskingsråd (Forskingsrådet) har i 2023 følgt opp departementet sine føringar om bruk av midlane både gjennom utbetaling til pågåande forskingsprosjekt og tildeling til nye forskingsprosjekt.
Rapporteringa nedanfor gir ei oversikt over bruk av Landbruks- og matdepartementets forskingsmidlar via Forskingsrådet i 2023. Del III av proposisjonen har ei meir utfyllande rapportering på resultat og verknader av forskingsløyvingane.
Tildelingane frå Landbruks- og matdepartementet har i 2023 følgt opp dei langsiktige prioriteringane i Langtidsplanen for forskning og høyere utdanning (2019–2028). LMD sine midlar omhandlar fleire fag- og temaområde, og er særleg relevante for oppfølging av det overordna målet Styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne, og dei tematiske prioriteringane Mogleggjerande og industrielle teknologiar og Klima, miljø og miljøvenleg energi.
Løyvingar til forsking over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett har i hovudsak blitt disponert av porteføljen Landbasert mat, miljø og bioressursar, og delporteføljen Mat og bioressursar (BIONÆR). Porteføljen dekkjer forsking og innovasjon innanfor områda mat, bioressursar, naturmangfald og miljø. I 2023 tildelte departementet om lag 184 mill. kroner til BIONÆR, som hadde 178 aktive prosjekt.
BIONÆR skal bidra til å finansiere forskingsprosjekt innanfor jordbruk, skogbruk, reindrift og andre landbaserte bionæringar. Resultata frå prosjekta gir viktige bidrag både til forvaltning og næringsutvikling, og legg grunnlaget for nye løysingar, til dømes innan klimatilpassing i eksisterande og nye næringar.
Forskingsinnsatsen har i 2023 vore retta inn mot berekraftig produksjon av nok, sunn og trygg mat basert på norske ressursar, i tillegg til innsats for å redusere utslepp av klimagassar og ta vare på miljø og naturmangfald. I tillegg har innsatsen blitt vidareført på områda god plante- og dyrehelse og dyrevelferd, og redusert forbruk av antibiotika.
Midlar frå departementet bidreg til å følgje opp ulike prioriterte område innan fornybar energi. To prosjekt innan bioenergi blei tildelt midlar i 2023.
Løyvinga til Forskingsrådet går òg til forsking for å auke konkurransekraft og verdiskaping for etablerte næringar og nye verdikjeder, med opphav i bioressursane. Dette har vore følgt opp gjennom utlysing av samarbeidsprosjekt og innovasjonsprosjekt. Det blei mellom anna innvilga tre nye innovasjonsprosjekt på området berekraftig fôr til husdyr. Desse tre prosjekta skal ta utgangspunkt i å bruke engvekstar, mykoprotein og CO2 som utgangspunkt for framstilling av berekraftig fôr.
Auka internasjonalisering står sentralt i tildelingar over departementet sitt forskingsbudsjett. Landbruks- og matforsking har hatt solid gjennomslag i utlysingane til EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa, i 2023, mellom anna innan områda mat og sirkulær bioøkonomi. Noreg deltek i ei rekkje europeiske partnarskap som er retta mot store utfordringar som Noreg deler med samarbeidslanda og som ikkje kan løysast åleine. Landbruks- og matdepartementet sine midlar blir nytta i internasjonale forskingssamarbeid mellom anna innan klima- og miljø, mattryggleik, mat- og ernæringstryggleik, mat og helse og omstilling til eit grønare samfunn.
For å sørgje for ei heilskapleg forvaltning av dei samla forskingsmidlane i landbrukssektoren, samarbeider Forskingsrådet med styret for Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukter og styret for Forskningsmidler over jordbruksavtalen, mellom anna om samordning av prioriterte innsatsområde. Dei to forskingsstyra sine midlar blir omtalte under kap. 1137, post 54, og kap. 1150, post 50.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 204,3 mill. kroner på posten for 2025. Departementet føreslår óg ei tilsegnsfullmakt på 556,7 mill. kroner knytt til posten, jf. forslag til vedtak IV. Dette inneber at Forskingsrådet kan gi 215 mill. kroner til nye forskingsprosjekt i 2025 (tilsegnsramma).
Stortinget har slutta seg til at Forskingsrådet frå og med 2025 skal bruttobudsjetterast med tilsegnsfullmakter, jf. Innst. 12 S (2023–2024).
I den nye budsjettmodellen vil det i dei årlege budsjetta bli fremja forslag om éi løyving og éin tilsegnsfullmakt for kvart departement sine tilskottpostar til Forskingsrådet. Løyvinga vil bestå av estimat for utbetalingar i 2025 av tidlegare gitte tilsegn og utbetaling av nye tilsegner gitt i 2025. Tilsegnsfullmakta viser samla beløp for tidlegare inngåtte tilsegner og nye tilsegner, som kjem til utbetaling etter 2025. Summen av nye tilsegner som Forskingsrådet kan gi i 2025 er kalla tilsegnsramma, og utgjer ein del av tilsegnsfullmakta. Det er tilsegnsramma som definerer kor mykje ny aktivitet som kan setjast i gang i 2025, ikkje løyvinga. For nærare omtale av den nye budsjettmodellen, sjå kap. 10 i Kunnskapsdepartementets Prop. 1 S (2024–2025).
Forskingsmidlar frå Landbruks- og matdepartementet skal over tid bidra til å nå dei fire landbruks- og matpolitiske hovudmåla; matsikkerheit og beredskap, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar, og dei forskingspolitiske delmåla, som er omtalte i kat. 15.20. Departementet er oppteke av at resultat frå forskinga blir teke i bruk. Det vil difor vere ei overordna prioritering at virkemidlane bidreg til dette.
Departementet legg særleg vekt på forsking, innovasjon og ny teknologi som bidreg til sunn og trygg mat basert på norske ressursar, og til auka sjølvforsyning i tråd med ambisjonane i Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket.
Det målretta samfunnsoppdraget om berekraftig fôr vil gi viktige bidrag til dei overordna landbruks- og matpolitiske hovudmåla og ambisjonane i Meld. St. 11 (2023–2024). Regjeringa føreslår å styrkje innsatsen for å følgje opp samfunnsoppdraget med totalt 15 mill. kroner i 2025. Av desse er 10 mill. kroner retta mot ei fellesutlysing for å styrkje forskingsinnsatsen på fôrområdet, i tillegg til midlar til ei kunnskapsoppsummering for å identifisere eventuelle viktige kunnskapshol for det vidare arbeidet med regelverksarbeid. Midlane skal fordelast likt mellom Landbruks- og matdepartementet (kap. 1137, post 71) og Nærings- og fiskeridepartementet (kap. 920, post 72). I tillegg, for å sikre framdrift og kontinuitet i samfunnsoppdraget, er det føreslått å løyve 5 mill. kroner over Kunnskapsdepartementets kap. 285, post 21 (Spesielle driftsutgifter Noregs forskingsråd). Midlane skal dekkje sekretariatsfunksjonen, ein nasjonal konferanse om berekraftig fôr, i tillegg til kostnader for styringsgruppa og eventuelle ekspertgrupper.
Vidare skal midlane på posten leggje grunnlag for teknologiutvikling, auka produktivitet og best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar, inkludert kunnskap innan agronomi og om korleis landbruket blir påverka av og best kan tilpassast eit endra klima. For å utnytte det norske ressursgrunnlaget fullt ut, er det avgjerande med nye og forbetra produksjonsmetodar og kunnskap som gjer det mogleg å tilpasse produksjonen til regionale forhold.
Ny kunnskap skal òg bidra til auka foredling og meir effektiv utnytting av landbruket sine mange fornybare biologiske ressursar, og med det nye grøne arbeidsplassar over heile landet. Auka utnytting av dei biologiske ressursane set òg krav til oppdatert kunnskap om berekraftig bruk av areal, der omsyn til miljø og klima blir balansert mot omsyn til næringsutvikling.
I tillegg skal midlane bidra til kunnskap for å oppretthalde god dyrehelse og dyrevelferd, eit lågt forbruk av antibiotika, og trygg bruk av ulike bioressursar i sirkulære kretsløp. Det same gjeld kunnskap om samanhengen mellom plantehelse, dyrehelse, folkehelse, matproduksjon og miljø (Éi-helse).
Midlane skal òg bidra til internasjonalt forskingssamarbeid, mellom anna gjennom støtte til sektoren si deltaking i EUs rammeprogram for forsking og innovasjon, Horisont Europa, og partnarskap som støttar opp under dei landbruks- og matpolitiske måla.
Departementet er oppteke av at midlane blir sett i samanheng med tildelingar frå Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og forskingsmidlar over jordbruksavtalen, jf. kap. 1137, post 54, og kap. 1150, post 50.
Post 72 Grunnløyvingar til forskingsinstitutt – Noregs forskingsråd
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje grunnfinansiering m.m. av Norsk institutt for bioøkonomi, Veterinærinstituttet og Institutt for rural- og regionalforsking. Forskingsrådet har ansvaret for fordelinga av grunnfinansieringa.
Løyvinga skal dekkje langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging og stimulere til høg vitskapleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid innan heile breidda av institutta sine faglege aktivitetar. Dei skal òg bidra til ein sterk instituttsektor i landbruks- og matsektoren som kan tilby forsking av høg internasjonal kvalitet til næringslivet og forvaltninga. Løyvinga skal nyttast i tråd med retningslinene for statlege grunnløyvingar til forskingsinstitutt.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 203,1 mill. kroner på posten.
Tabell 5.1 Økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskinginstitutta for 2023
Driftsinntekter | Driftsresultat | Grunnløyving i 20231 | Løyving disponert til strategiske instituttsatsingar | Grunnløyving per forskarårsverk | Grunnløyving i pst. av driftsinntektene | |
---|---|---|---|---|---|---|
mill. kr | mill. kr | mill. kr | mill. kr | mill. kr | pst. | |
NIBIO | 924 | -2,5 | 161,4 | 26 | 0,46 | 17 |
Veterinærinstituttet | 580,6 | 4,4 | 36,2 | 13,8 | 0,24 | 6 |
Ruralis | 51,6 | 0,1 | 9 | 2,3 | 0,38 | 17 |
Sum | 1 556,2 | 2 | 206,6 | 42,1 |
1 Tala er rekneskapsførte inntekter, og viser forbruk. Tal kan difor avvike frå løyving i 2023. Inneheld òg eventuelt Retur-EU midlar.
Kjelde: Årsrapport 2023 Primærnæringsinstitutta, Noregs forskingsråd
Tabell 5.2 Oversikt over personale og publisering ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2023
Samla årsverk | Forskarårsverk som del av samla årsverk | Tilsette med dr. grad. per forskarårsverk | Publikasjonspoeng per forskarårsverk | |
---|---|---|---|---|
pst. | forh. tal | forh. tal | ||
NIBIO | 696 | 50 | 0,83 | 0,82 |
Veterinærinstituttet | 286 | 54 | 0,94 | 0,59 |
Ruralis | 28 | 83 | 0,81 | 1,33 |
Sum | 1 010 |
Kjelde: Årsrapport 2023 Primærnæringsinstitutta, Noregs forskingsråd.
Norsk institutt for bioøkonomi
I 2023 fekk Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) 145,6 mill. kroner i grunnløyving, i tillegg til 7,9 mill. kroner i husleigekompensasjon. Instituttet hadde 696 utførte årsverk, mot 654 i 2022.
I 2023 er grunnløyvinga disponert til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging, i tillegg til auka vitskapeleg kvalitet og internasjonalt samarbeid. NIBIO er inne i eit generasjonsskifte og rekruttering har vore ei sentral prioritering. Fleire nye, kompetente medarbeidarar styrkjer posisjonen til instituttet, og gjer det mogleg å handtere større oppgåver innan forsking. Til dømes har grunnløyvinga finansiert to PhD-stipendiatar, om karbonbinding og nitrogen-syklusar i landbruksjord; og om effektar av klimaendringar på konkurranse mellom avling og ugras og integrert ugrashandtering. NIBIO har òg brukt løyvinga i 2023 til oppgradering av fasilitetar og investering i ny forskingsinfrastruktur. Til dømes har dei utvikla eit nasjonalt leiande laboratorium for tang- og tareanalysar i Bodø, og kjøpt utstyr til eininga på Apelsvoll til deira system for «automatisert ikkje-destruktiv» prøvetaking og analyse av frukt, bær, korn og potet.
Veterinærinstituttet
I 2023 fekk Veterinærinstituttet 40,4 mill. kroner i grunnløyving. Instituttet hadde 286 utførte årsverk, mot 274 i 2022. Delar av grunnløyvinga har blitt brukt på interne pilotprosjekt, der formålet er å styrkje den vitskapeleg-teknologiske kompetansen til instituttet og ha betre føresetnad for å lukkast i konkurranse om eksterne forskingsmidlar. Grunnløyvinga har vidare blitt brukt som eigendel i strategiske instituttsatsingar, forskingsprosjekt, nettverksbygging og kompetanseutvikling.
Institutt for rural- og regionalforsking
I 2023 fekk Institutt for rural- og regionalforsking (Ruralis) 9,2 mill. kroner i grunnløyving. Ruralis hadde 28 utførte årsverk, det same som i 2022.
Delar av grunnløyvinga har i 2023 blitt brukt til tre strategiske instituttprosjekt. Prosjekta bidreg til å styrkje instituttet på område som kvantitativ analyse og ulike problemstillingar knytte til utviklingstrendar i bygdene. Vidare har løyvinga blitt brukt til finansiering av eigendel i forskingsprosjekt, nettverksbygging og kompetanseutvikling.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 213,0 mill. kroner. Dette vil bli gitt i grunnløyving til dei tre landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta. Éin prosent av grunnløyvinga til dei landbruks- og matfaglege institutta skal vere resultatbasert, og tildelast ut ifrå institutta sine skår på indikatorar for kvalitet og relevans. Ein del av løyvinga går òg til husleigekompensasjon til NIBIO.
Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak
Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
1138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 56 552 | 69 838 | 72 534 | 3,9 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 34 973 | 33 355 | 34 535 | 3,5 |
1140 | Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m. | 83 608 | 85 590 | 85 890 | 0,4 |
1141 | Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m. | 13 278 | 12 475 | 13 306 | 6,7 |
1142 | Landbruksdirektoratet | 1 783 024 | 1 003 018 | 886 550 | -11,6 |
1148 | Naturskade – erstatningar | 38 384 | 140 400 | 136 300 | -2,9 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket | 123 878 | 113 646 | 113 044 | -0,5 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 24 174 985 | 26 716 280 | 28 813 868 | 7,9 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 180 170 | 200 000 | 225 000 | 12,5 |
1152 | Bionova | 37 384 | 171 184 | 173 247 | 1,2 |
1161 | Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn | 32 591 | 33 800 | 34 693 | 2,6 |
Sum kategori 15.30 | 26 558 827 | 28 579 586 | 30 588 967 | 7,0 |
Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
4141 | Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m. | 4 745 | 4 071 | 4 680 | 15,0 |
4142 | Landbruksdirektoratet | 51 163 | 50 463 | 52 381 | 3,8 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 347 | 50 | 50 | 0,0 |
5576 | Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet | 321 180 | 321 000 | 337 500 | 5,1 |
Sum kategori 15.30 | 377 435 | 375 584 | 394 611 | 5,1 |
Mål og strategiar
Budsjettframlegget under programkategori 15.30 omfattar næringsavtalar, verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket, miljøtiltak, Landbruksdirektoratet, erstatning for naturskade, forvaltning av statsgrunn i skog og utmark, forvaltning av haustbare viltressursar og støtte til organisasjonar. For nærare informasjon om næringsavtalane, sjå Prop. 105 S (2023–2024) Endringer i statsbudsjettet 2024 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2024) og Prop. 98 S (2023–2024) Endringer i statsbudsjettet 2024 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2024/2025), og handsaminga av desse i Stortinget.
Programkategorien rettar seg særleg mot desse hovudmåla; landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar.
Landbruksdirektoratet står sentralt i gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken og er støtte- og utgreiingsorgan for departementet, jf. kap. 1142. Det blir lagt vekt på ei brukarretta og effektiv forvaltning av tilskottsordningar og formålstenlege juridiske verkemiddel i tillegg til kontroll og dokumentasjon.
Kunnskap og vitskapleg dokumentasjon må til for å nå dei landbrukspolitiske måla. Forvaltning av dyrka mark, skog og utmark krev oversikt over areal- og genressursane, noko som er føresetnadar for lønsam drift og kunnskap om berekraftig forvaltning med gode miljøomsyn. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er ein sentral leverandør av kunnskap til forvaltning og næringsutøvarar, jf. kap. 1136 og 1137.
Prioriteringar
Prioriteringar i jordbruksavtalen
Jordbruksforhandlingane i 2024 blei gjennomførte kort tid etter at Stortinget handsama Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Meldinga og Stortinget si handsaming av denne, la eit nytt grunnlag for forhandlingane på fleire vesentlege punkt, både knytt til sjølvforsyning og til opptrapping av inntektsmoglegheitene.
Avtalepartane bestilte i fellesskap eit nytt talgrunnlag frå Budsjettnemnda for jordbruket 1. november 2023. Nemnda la fram eit omforent talgrunnlag 16. april 2024. Med grunnlag i Stortingets handsaming av Meld. St. 11 (2023–2024) den 18. april, hadde partane behov for ytterlegare berekningar frå Budsjettnemnda. Nemnda la fram ei tilleggsutgreiing til den nye totalkalkylen for aktive jordbruksbedrifter 20. april 2024.
Budsjettnemnda si tilleggsutgreiing inneheldt mellom anna ei berekning av gjennomsnittleg normert jordbruksinntekt, inntekta for samanlikningsgruppa og effekten av nedtrapping av talet på timar i eit jordbruksårsverk i like delar til det blir 1 750 timer i 2027, i tråd med vedtaket frå Stortinget. Talgrunnlaget frå Budsjettnemnda inkludert tilleggsutgreiinga, gav partane eit omforent talgrunnlag til bruk ved nivåsamanlikning og oppfølging av regjeringa sin opptrappingsplan.
Jordbruket sitt forhandlingsutval la den 27. april fram eit felles krav på vegner av Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Stortingets handsaming av Meld. St. 11 (2023–2024) og det omforente materialet frå Budsjettnemnda for jordbruket, låg til grunn for kravet. I kravet prioriterte jordbruket eit kraftig løft i inntektsnivået, auka sjølvforsyning og redusert risiko for den enkelte bonde. Kravet hadde ei økonomisk ramme på 3 930,0 mill. kroner. Dette skulle ifølgje Jordbrukets forhandlingsutval redusere det normerte inntektsgapet på 135 900 kroner per familieårsverk i 2025 med 75 900 kroner.
Staten la, som jordbruket, Stortingets handsaming av Meld. St. 11 (2023–2024) og det omforente materialet frå Budsjettnemnda til grunn for sitt tilbod. Statens tilbod blei lagt fram 6. mai, og det hadde ei økonomisk ramme på 2 620 mill. kroner. Tilbodet la opp til å redusere det normerte inntektsgapet med 45 300 kroner. I tilbodet la staten vidare opp til ein vesentleg inntektsvekst i mjølkeproduksjonen, auka satsar i velferdsordningane, auka løyvingar til klima-, natur- og miljøtiltak og til plantevekstar til mat og fôr.
Den 16. mai fekk partane brev frå finansministeren, der det stod:
«I arbeidet med statsbudsjettet for 2025 vil jeg utrede om det er grunnlag for en ordning med jordbrukskonto etter modell fra tømmerkonto-ordningen i skogbruket. Som følge av at forhandlingene om jordbruksoppgjøret pågår, bør forslaget gjøres kjent, slik at det kan være en del av rammebetingelsene i forbindelse med forhandlingene.»
Det blei inngått jordbruksavtale mellom partane den 16. mai 2024. Avtalen har ei økonomisk ramme på 3 015 mill. kroner, og legg til rette for at det normerte inntektsgapet blir redusert med om lag 60 000 kroner per familieårsverk. Avtalen legg til rette for auka inntektsmoglegheiter på om lag 16,5 pst., frå 2024 før jordbruksoppgjeret til 2025. Avtalen blei finansiert ved 627 mill. kroner i endra målprisar frå 1. juli 2024, 2 217 mill. kroner i auka løyving på kap. 1150, 69 mill. kroner i overførte midlar frå 2023 og 102 mill. kroner i auka verdi av jordbruksfrådraget.
Den inngåtte avtalen prioriterte å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen, styrkje velferdsordningane i jordbruket i tillegg til å styrkje klima, natur- og miljøtiltak. I tillegg stod tiltak for auka sjølvforsyning sentralt, som ei oppfølging av Meld. St. 11 (2023–2024).
Tilskottsramma til Landbrukets utviklingsfond blei auka med 187,0 mill. kroner frå 2024 til 2025 til 2 726 mill. kroner. I tillegg blei tilskottsramma for inneverande år auka med 58 mill. kroner, til Nasjonale tilretteleggingsmidlar og drenering. Løyvinga til fondet blei auka med 217 mill. kroner til 2 548,6 mill. kroner, 30 mill. kroner meir enn tilskottsramma for tilskott frå fondet, for å styrkje kapitalsituasjonen i fondet.
Regjeringa har gjennomført fleire tiltak for å redusere konsekvensane av kostnadsveksten for jordbruket, både gjennom ekstraordinære løyvingar etter tilleggsforhandlingar, ekstra midlar til investeringar over Landbrukets utviklingsfond og straumstønad. Saman med auken i løyvingane i statsbudsjettet dei tre siste jordbruksoppgjera, viser dette regjeringa si sterke prioritering av jordbruket, og viljen til å bidra til størst mogleg grad av tryggleik i ei usikker tid.
Avtalepartane blei samde om eit vesentleg og ytterlegare løft for klima-, natur og miljøarbeidet i landbruket òg i dette oppgjeret. Formålet er både å redusere miljøbelastninga frå jordbruket inkludert klimagassutsleppa per produserte eining, og å styrkje miljøgoda som blir produserte av jordbruket. Avsetjinga til ordningar med klima- og miljøeffekt blir auka med 1 164,4 mill. kroner frå 2024 til 2025, og den samla løyvinga til desse ordningane er 10 546,7 mill. kroner i 2025. Oppfølging av klimaavtalen mellom staten og jordbruket blei prioritert, i tillegg til tiltaksplan for Oslofjorden.
Prioriteringar i reindriftspolitikken
I Hurdalsplattforma legg regjeringa til grunn at reindrifta er avgjerande for å bevare samisk kultur, samfunnsliv og språk. Reindrifta har eit potensial for auka verdiskaping. Dette gjeld særleg auka vidareforedling av reinkjøtt, og formidling av reindriftssamisk kultur og levesett. Reindrifta skal utviklast med eit tredelt mål om økologisk, økonomisk og kulturell berekraft.
Reindriftsavtalen 2024/2025 blei inngått mellom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund den 8. februar 2024. Hovudprioriteringane i avtalen er dei direkte tilskotta, varetaking av reindrifta sine areal, klimatilpassing og beredskap.
Hovudmålet for reindriftspolitikken er ei berekraftig reindrift, med delmåla økologisk, økonomisk og kulturell berekraft. Departementet har fastsett kriterium og indikatorar for berekraftig reindrift i Prop. 98 S (2023–2024) Endringer i statsbudsjettet 2024 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2024/2025). Formålet med å utarbeide kriterium er å ha eit godt grunnlag for å rapportere til Stortinget, og for å kunne vurdere i kva grad måla i reindriftspolitikken er nådde. Kriteria vil vere eit grunnlag for evalueringar av verkemidla og for å vurdere behov for eventuelle justeringar. Kriteria kan òg på sikt integrerast i styringsdialogen med Landbruksdirektoratet og statsforvaltaren. Status for kriteria og indikatorane skal rapporterast årleg, sjå del III.
Eit reintal som er tilpassa beitegrunnlaget er avgjerande for å nå målet om berekraftig reindrift. Reintalet i både Aust- og Vest-Finnmark reinbeiteområde auka i 2023, og ligg over det øvre fastsette reintalet. Oppfølging av reintalet er ei prioritert oppgåve for reindriftsforvaltninga.
Landbruks- og matdepartementet starta i 2023 arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av reindriftslova. Departementet har hatt ei brei involvering av ulike aktørar i arbeidet, og har gjennomført konsultasjonar med Sametinget og Norske Reindriftsamers Landsforbund, og eit forslag til endringar i lova er sendt på offentleg høyring. Det er føreslått endringar i føresegna om erstatning, endringar som skal leggje betre til rette for det interne sjølvstyret til reindrifta, og endringar som skal gi reindrifta tilgang til verkemidla i jordskiftelova. Regjeringa vil leggje fram endringar i reindriftslova for Stortinget våren 2025.
Avtalepartane har dei seinare åra etablert ulike rådgivingstenester for reindriftsnæringa. Det er etablert ei HMS-teneste, helseteneste for rein og ei rådgivingsteneste i arealsaker. I reindriftsavtalen 2024/2025 er avtalepartane samde om å lyse ut ei utgreiing om rådgiving i reindriftsnæringa generelt. Der skal ein sjå nærare på kva behov som finst for rådgiving og korleis dette kan organiserast.
Klimaendringane fører til endringar i driftsmønsteret og uventa hendingar. Frekvensen av periodar med låste beite har auka vesentleg, og slike forhold gir auka kostnader og krev investeringar i mellom anna infrastruktur. Landbruks- og matdepartementet og Norske Reindriftsamers Landsforbund har difor etablert ei arbeidsgruppe som skal sjå nærare på organiseringa av arbeidet med beredskap i reindrifta og langsiktige tiltak for klimatilpassing.
Tilgang på naudsynte areal er ein føresetnad for at reindriftsnæringa skal nå målet om auka produksjon og lønsemd. Varetaking av areala er ei av dei største utfordringane reindrifta har i dag. Regjeringa la i desember 2023 fram ei tiltakspakke for reindrift og energi. Bakgrunnen for tiltakspakka var det høge konfliktnivået mellom reindrift og energi, mellom anna i Fosen-saka. Tiltakspakka skal leggje til rette for både utbygging av energi og varetaking av reindrifta sine areal. Tiltakspakka består av 24 tiltak på ulike departement sine område, med ulik tidshorisont. Det vil bli gjennomført konsultasjonar om dei enkelte tiltaka.
Landbruks- og matdepartementet skal følgje opp statens forplikting til å skaffe eit tilleggsareal for Fosen reinbeitedistrikt. NIBIO leverte i september 2024 ei utgreiing av moglege tilleggsareal. NIBIOs kartlegging vil vere eit sentralt grunnlag i det videre arbeidet.
Landbruksdirektoratet har i 2024 lansert nye digitale system for reindriftsnæringa. Arbeidet har skjedd over tid, og har vore finansiert frå ulike kjelder. Ein del av finansieringa er gjort gjennom reindriftsavtalen. Reindriftsnæringa kan no levere melding om reindrift og sende søknad om direkte tilskott digitalt, også frå mobiltelefon. Det er eit stort framsteg i å tilby gode digitale tenester for reindriftsnæringa.
Tap av rein til rovvilt er ei stor utfordring. I enkelte reinbeitedistrikt har det over tid blitt erstatta opp mot halvparten av kalveproduksjonen som tap til rovvilt. Sjølv om tapet blir erstatta, vil det gi negative konsekvensar for den enkelte siidaandel og reindriftsfamilie. Dette fordi endra aldersstruktur i simleflokken kan gi lågare kalvetilgang det etterfølgjande året, med tapte produksjonsinntekter som resultat.
Rovviltpolitikken har innverknad på samisk reindrift. Tiltak som blir sette i verk når det gjeld rovvilt må òg vurderast opp mot dei forpliktingane staten har overfor samane som urfolk. Dette gjeld både materielle forpliktingar til å sikre mellom anna naturgrunnlaget for den samiske reindrifta, og prosessuelle forpliktingar som gjeld konsultasjonar og deltaking i avgjerder som kan påverke samiske interesser direkte.
Prioriteringar i skogpolitikken
Skogpolitikken går mellom anna fram av Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring, Hurdalsplattforma, strategidokumentet Skog- og trenæringa – ein drivar for grøn omstilling og av Veikart 2.0: Grønt industriløft. Dialogforum for skog- og trenæringa, i regi av Landbruks- og matdepartementet, er ein arena der representantar frå skog- og trenæringa, forsking og forvaltning deltek. I Veikart 2.0: Grønt industriløft, er skog- og trenæringa og anna bioøkonomi peika ut som eitt av fleire særskilde innsatsområde. Målet er å leggje til rette for å skape verdiar og lønsame arbeidsplassar i heile landet, auke dei grøne investeringane, auke eksporten frå fastlandet og kutte klimagassutslepp på veg mot lågutsleppssamfunnet. God forvaltning av skogressursane er òg sentralt i klimapolitikken.
Dei økonomiske verkemidla i skogpolitikken er mellom anna skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar, tilskott til skogplanteforedling og tilskott til produksjon av fornybar energi, særleg bioenergi.
Verkemiddelbruken knytt til forbetring av skogsvegnettet og andre infrastrukturtiltak i skogbruket har høg prioritet. Ein god transportinfrastruktur er naudsynt for å styrkje konkurransekrafta til skog- og trenæringa og auke sektoren sitt bidrag til det grøne skiftet i norsk økonomi.
Prioriteringar i forvaltninga av haustbart vilt
Landbruks- og matdepartementet har sidan 2018 hatt ansvaret for forvaltning av haustbare viltressursar etter viltlova, og har som ein del av dette hatt ein eigen styringsdialog med Miljødirektoratet. Regjeringa vedtok i mars 2023 å flytte direktoratsansvaret for haustbare viltressursar frå Miljødirektoratet i Trondheim, til Landbruksdirektoratet i Steinkjer. Det er lagt opp til at endringa blir sett i verk frå 1. januar 2025.
Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har sidan våren 2020 samarbeidd om ei modernisering av viltlova. Eit forslag til ny viltlov blei sendt på offentleg høyring sommaren 2024. Siktemålet er å leggje fram ein lovproposisjon for Stortinget i 2025.
Landbruks- og matdepartementet vil leggje til rette for oppbygging av kunnskapsgrunnlaget for forvaltning av dei haustbare viltressursane og auka næringsutvikling på området. Arbeid for å dempe interessekonfliktar mellom haustbare viltartar og andre samfunnsomsyn vil òg vere eit prioritert område framover.
Prioriteringar i klima- og miljøpolitikken i jordbruket
Klima- og miljøpolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljømåla kan bli nådde. Resultatrapportering for målet berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar er omtalt i del III.
Meld. St. 26 (2022–2023) Klima i endring – sammen for et klimarobust samfunn, ligg til grunn for arbeidet med klimatilpassing, både for det sektorovergripande samarbeidet og for den enkelte sektor, slik som landbruk.
For ei samla omtale av klima- og miljørelevante saker, sjå del III i Prop. 1 S (2024–2025) frå Klima- og miljødepartementet.
Jordbruksavtalen har over fleire år blitt vridd i ei meir miljø- og klimavenleg retning. I jordbruksoppgjeret 2024 blei klima-, natur- og miljøinnsatsen ytterlegare styrkt. Regjeringa legg vekt på arbeidet med grøn omstilling og å vareta eit berekraftig landbruk, både knytt til biobasert sirkulær økonomi, arbeid med miljøretta tiltak og reduksjon av klimagassar. Årets jordbruksavtale skal bidra til å følgje opp klimaavtalen mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket og arbeidet med å nå andre miljømål, til dømes innan vassmiljø og kulturlandskap, under dette oppfølging av Helhetlig tiltaksplan for Oslofjorden. Godt drenert jord er avgjerande for å kunne auke matproduksjonen i åra som kjem, og av stor verdi for å tilpasse jordbruket til eit endra klima med meir nedbør. For å imøtekomme det store behovet for tilskott til drenering, blei avtalepartane i årets oppgjer samde om ei særskild satsing på tilskott til drenering. Dette er ei naturleg oppfølging av Meld. St. 11 (2023–2024) Strategi for auka sjølvforsyning av jordbruksvarer og plan for opptrapping av inntektsmoglegheitene i jordbruket. Jordbruksavtalen frå 2024 er òg ei oppfølging av regjeringa si satsing på natur, gjennom beiteordningane, setertilskott, og andre ordningar som bidreg til å oppretthalde og betre verdiane i jordbruket sitt kulturlandskap. Totalt blir avsetjinga til ordningar med klima- og miljøverknad på jordbruksavtalen auka med 1 164,0 mill. kroner frå 2024 til 2025. Sjå Prop. 105 S (2023–2024) for nærare detaljar.
Regjeringa vektlegg grøn omstilling og berekraftig landbruk med lågare utslepp av klimagassar. Regjeringa legg vidare vekt på at tiltak ikkje skal auke dei globale utsleppa og at dei ikkje skal gå ut over matproduksjonen. Intensjonsavtalen om klima som blei inngått mellom regjeringa og organisasjonane i jordbruket i 2019, ligg til grunn for klimaarbeidet i sektoren, jf. Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan 2021–2030 og Stortingets handsaming av denne. Regjeringa arbeider nå med ei ny klimamelding for perioden mot år 2035. I tillegg blir det arbeidd gjennom rekneskapsgruppa under intensjonsavtalen med å vidareutvikle kunnskapen om klimatiltak i jordbruket, slik at fleire tiltak på sikt kan innlemmast i utsleppsrekneskapen.
Regjeringa oppretta Bionova i 2023. Bionova er eit prioritert verktøy frå regjeringa si side for å nå klimamåla til Noreg for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 gjennom å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring. I tillegg skal Bionova bidra til verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare biologiske ressursar frå land og hav. Det er behov for verkemiddel både innan omlegging til fornybar energi i jordbruket og verkemiddel som skal byggje opp under verdikjeder for mellom anna fôr, gjødsel og gjenbruk og smarte løysingar for ein effektiv matproduksjon. Sjå kap. 1152 for nærare omtale av Bionova.
Miljøprogramsatsinga i jordbruksavtalen omfattar ei rekkje verkemiddel for å stimulere til meir miljøvenleg drift. For mykje næringssalt er ein av dei tre faktorane som har størst innverknad på våre vassdrag og kystområde. Dei største kjeldene til dette er separate avløpsanlegg som ikkje tilfredsstiller reinsekrava, restutslepp frå kommunale avløpsanlegg og arealavrenning frå jordbruket. Ytterlegare reduksjon av forureining av vatn, som avrenning av jord, næringsstoff og plantevernmiddel, er difor viktig. Samla gjennomføring av ulike tiltak for jordarbeiding, grasdekte areal med meir i kornområda, har redusert erosjonsrisikoen på dei dyrka areala. Strukturendringar og endring i driftsformer gir utfordringar for naturmangfaldet i jordbrukslandskapet og for økosystemtenester levert frå jordbrukslandskapet. Eit variert jordbrukslandskap gir viktige leveområde for mange artar. Ei rekkje ordningar på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå skal sørgje for tiltak og rett skjøtsel av verdifulle landskap, verdifulle artar og naturtypar, i tillegg til å bidra til at status for kulturminne og kulturmiljø i jordbruket blir betra. Tiltak for å betre forholda for pollinerande insekt blir følgde opp i tråd med Nasjonal pollinatorstrategi og Tiltaksplan for ville pollinerande insekt 2021–2028.
Regjeringa har som mål å auke CO2-opptaket i norsk skog. I regjeringa sin klimastatus og -plan, som følgjer som vedlegg til Prop. 1 S (2024–2025), går det fram at regjeringa vil vidareføre eksisterande klimatiltak i skog og vurdere nye klimatiltak som har stort potensial for auka opptak og er enkle å implementere. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) er i ferd med å sluttføre ei kartlegging av årsaker til at skogeigarar avverkar skog før hogstmoden alder. Basert på denne vil det bli vurdert om det er behov for verkemiddel for å fremje seinare hogst med sikte på å styrkje karbonopptaket i skogen. Regjeringa har starta opp arbeidet med å etablere ein meny av ulike tiltak som bidreg til å ta vare på eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand, og skog er første økosystem ut. Som del av arbeidet har regjeringa fått utarbeidd eit felles kunnskapsgrunnlag om den økologiske tilstanden i norsk skog.
Prioriteringar i areal- og ressurspolitikken
Matjorda er ein viktig ressurs for norsk matproduksjon, både i dag og for framtidige generasjonar. Ny jordvernstrategi blei lagt fram for Stortinget i Prop. 121 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2023 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2023 m.m.). Strategien har eit nytt og skjerpa mål for omdisponering av matjord, som seier at omdisponeringa av dyrka mark skal vere maksimalt 2 000 dekar per år. Målet skal vere nådd innan år 2030. Strategien inneheld nye, konkrete tiltak for å nå dette målet. Regjeringa vil følgje opp den nye strategien. Tilskottsordninga for utarbeiding av kommunale jordvernstrategiar blir ført vidare i 2025.
Landbruksdirektoratet vil i 2025 halde fram med å styrkje og utvikle det faglege arbeidet med arealbruken i landbruket knytt til oppgåver innanfor klima og miljø, og den todelte målsetjinga i rovdyrpolitikken.
Regjeringa vil at matjorda skal bli brukt til matproduksjon, og vil leggje til rette for eit levande landbruk i heile landet gjennom verkemidla i eigedomslovgivinga. Regjeringa vil i 2024 fortsetje lovutviklingsarbeidet som er sett i gang. Det gjeld mellom anna forslag til endringar i konsesjonslova og arbeidet med ein gjennomgang av jordlova. Målet med gjennomgangen av jordlova vil vere å styrkje jordvernet generelt ved å sjå på omdisponering som i dag ikkje er underlagt offentleg kontroll, slik som landbruket si eiga nedbygging. Eit anna mål er å forsterke vernet om særleg viktige matproduserande areal. Dette er areal med stort potensial for matproduksjon som ofte ligg nær større byar og tettstadar, og difor er særleg utsett for omdisponering og nedbygging.
Landbruk er ein føresetnad for å ta vare på kulturlandskapet, og dette landskapet gir ei ramme for satsing på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme. Jordbruket sitt kulturlandskap er dessutan særleg viktig leveområde for mange artar av planter og dyr. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma i jordbruksavtalen skal òg framover bidra til å halde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet ved like. Midlane til slike tiltak er styrkt monaleg. Ordninga i jordbruksavtalen med utvalde kulturlandskap i jordbruket og varetaking av kulturlandskapsverdiane i verdsarvområda, blir ført vidare i 2025. Det er nå 51 område som har status som utvalde kulturlandskap over heile landet, og i 2024 er det 15 år sidan dei første 20 områda blei utvalde. Verdsarven Røros bergstad og Circumferensen, inkludert buffersona, inngår saman med Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap i ordninga i jordbruksavtalen. Med målretta tiltak og prioriteringar vil ein kunne styrkje landbruket og med det vareta òg internasjonale pliktar om å ta vare på verdiane i verdsarvområda.
Det genetiske mangfaldet av husdyr, nytteplantar og skogtre er ein avgjerande ressurs for landbruket. Dette mangfaldet utgjer ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon og tilpassing til nye behov og utfordringar for landbruket, ikkje minst i møte med klimaendringar. I eit internasjonalt perspektiv vil trugsmåla mot genetisk variasjon hindre utvikling av eit berekraftig landbruk. Endra klima er ei utfordring som vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale i landbruket og tilpassa skogtre i skogbruket. Ordninga med tilskott til genressurstiltak bidreg til å oppfylle pliktene Noreg har i Den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar, og i dei vedtekne sektorvise handlingsplanane for husdyr, planter og skogtre under FAOs kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk. Departementet vil i 2025 følgje opp den nasjonale tiltaksplanen for genetiske ressursar i tråd med strategien for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk. Dette vil mellom anna innebere tydelegare organisering av bevaringsarbeidet og auka tilrettelegging av tilgang til truga husdyr, nytteplanter og skogtre for produsentar og hobbybrukarar.
Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for Svalbard globale frøhvelv. Frølageret har ei sentral rolle i å sikre tap av frømangfold globalt og bidreg til mattryggleiken for framtidige generasjonar. Arbeidet bidreg òg til auka forståing for bevaring av genetiske ressursar og det internasjonale samarbeidet om dette.
Departementet vil leggje vekt på eit effektivt nordisk samarbeid for å ta vare på genetiske ressursar i Nordisk genressurssenter (NordGen) og den nordiske partnarskapen for frøforedling. Målet er å styrkje planteforedlinga og nytte dei nordiske genressursane betre.
Avskoging er ei relativt stor kjelde til CO2-utslepp i Noreg. Ei årsak er nedbygging av areal til bygg og vegar som skjer i regi av mange ulike sektorar. Det er naudsynt med samarbeid på tvers av sektorar for å redusere utsleppa. Landbruks- og matdepartementet har sett i gang arbeid med mål om å redusere nedbygging av areal til landbruksformål. I tillegg vil departementet vurdere verkemiddel for å sikre at endring av arealbruk frå skog til beite byggjer på reelle behov for beiteareal.
Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
70 | Støtte til organisasjonar | 43 508 | 53 462 | 53 751 |
71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast | 1 159 | 1 415 | 1 453 |
72 | Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk | 8 046 | 9 715 | 9 972 |
73 | Nasjonalt senter for fjellandbruk | 2 839 | 4 246 | 4 358 |
74 | Opplysningstiltak i landbruket | 1 000 | 1 000 | |
75 | Dyrsku’n | 3 000 | ||
Sum kap. 1138 | 56 552 | 69 838 | 72 534 |
Post 70 Støtte til organisasjonar
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje støtte til organisasjonar på nasjonalt nivå som arbeider innanfor Landbruks- og matdepartementets målområde.
Dette omfattar organisasjonar som
formidlar kunnskap og fremjar forståing for verdien av landbruk, matproduksjon og matkultur
synleggjer yrkesmoglegheiter knytte til garden sine ressursar
fremjar berekraftig landbruk og matsystem, verdiskaping og landbruksbasert næringsutvikling
Løyvinga skal medverke til å halde oppe aktiviteten i organisasjonane, og bidra til eit levande og aktivt organisasjonsliv lokalt, regionalt og nasjonalt.
Departementet gjer framlegg om løyvingar til organisasjonar direkte i budsjettproposisjonen. Det blir sett krav om årsrapportering i form av årsmelding/årsberetning og revisorgodkjend rekneskap. Dette er grunnlag for oppfølging og kontroll, og skal sendast departementet innan 1. juni påfølgjande år. For organisasjonar som mottek tilskottsbeløp mindre enn 200 000 kroner, er det ikkje sett krav om at rekneskapen skal vere revisorgodkjend.
Ordninga skal forvaltast slik at ho er i tråd med reglane for statsstøtte i EØS-avtalen.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 43,5 mill. kroner på posten, jf. tabell 5.3.
Tabell 5.3 Støtte til organisasjonar i 2023 (i kroner)
Organisasjon | Løyving 2023 |
---|---|
4H Norge | 7 251 644 |
Det Kongelige Selskap for Norges Vel | 1 273 634 |
Det Norske Hageselskap | 818 108 |
Det Norske Skogselskap | 1 116 345 |
Dyrebeskyttelsen Norge | 373 817 |
Dyrevernalliansen | 694 524 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 502 418 |
GMO-Nettverket | 1 399 261 |
HANEN – Næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gårdsmat og innlandsfiske | 2 020 247 |
Hest og Helse | 214 485 |
Jordvern Norge | 185 887 |
Kvinner i skogbruket | 158 311 |
Matsentralen Norge | 16 483 881 |
Matvett AS | 384 031 |
Norges Birøkterlag | 232 870 |
Norges Bygdekvinnelag | 408 543 |
Norges Bygdeungdomslag | 132 777 |
Norsk Bonde- og Småbrukarlag, prosjekt «Slipp oss til – Ungdom inn i landbruket» | 79 666 |
Norsk Gardsost | 346 240 |
Norsk seterkultur | 167 503 |
Norske Lakseelver | 505 572 |
Spire | 91 922 |
Stiftinga Bondens marked Norge | 468 803 |
Stiftinga Geitmyra matkultursenter for barn | 1 360 448 |
Stiftinga Norsk Kulturarv | 326 835 |
TreSenteret i Trondheim | 279 852 |
Ungt Entreprenørskap Norge | 326 835 |
Vitenparken Campus Ås | 2 083 571 |
Økologisk Norge | 2 819 970 |
Sum | 43 508 000 |
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 53,8 mill. kroner i støtte til organisasjonar, jf. tabell 5.4.
Tabell 5.4 Støtte til organisasjonar i 2024 og budsjettframlegg for 2025 (i kroner)
Organisasjon | Løyving 20241 | Løyving 2025 |
---|---|---|
4H Norge | 7 300 000 | 7 500 000 |
Det Kongelige Selskap for Norges Vel | 1 275 000 | 980 000 |
Det Norske Hageselskap | 825 000 | 950 000 |
Det Norske Skogselskap | 1 500 000 | 1 700 000 |
Dyrebeskyttelsen Norge | 600 000 | 600 000 |
Dyrevernalliansen | 700 000 | 700 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 500 000 | 1 500 000 |
Foreningen Norske Etologer | 50 000 | 50 000 |
GMO-Nettverket | 1 370 000 | 1 370 000 |
HANEN – Næringsorganisasjonen for bygdeturisme, gårdsmat og innlandsfiske | 2 030 000 | 2 030 000 |
Hest og Helse | 350 000 | 390 000 |
Jordvern Norge | 350 000 | 0 |
Kvinner i skogbruket | 160 000 | 160 000 |
Mat og Helse i skolen | 300 000 | 350 000 |
Matsentralen Norge | 25 007 000 | 25 007 000 |
Matvett AS | 390 000 | 500 000 |
Norges Birøkterlag | 235 000 | 235 000 |
Norges Bygdekvinnelag | 415 000 | 500 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 300 000 | 400 000 |
Norsk Bioenergiforening NOBIO | 0 | 100 000 |
Norsk Bonde- og Småbrukarlag prosjekt «Slipp oss til – Ungdom inn i landbruket» | 130 000 | 0 |
Norsk Gardsost | 350 000 | 350 000 |
Norsk seterkultur | 200 000 | 249 000 |
Norske Lakseelver | 540 000 | 600 000 |
Regenerativt Norge | 0 | 80 000 |
Spire | 100000 | 100 000 |
Stiftinga Bondens marked Norge | 500 000 | 525 000 |
Stiftinga Geitmyra matkultursenter for barn | 1 375 000 | 1 375 000 |
Stiftinga Norsk Kulturarv | 300 000 | 0 |
Ungt Entreprenørskap Norge | 360 000 | 500 000 |
Vitenparken Campus Ås | 2 100 000 | 2 100 000 |
Økologisk Norge | 2 850 000 | 2 850 000 |
Sum | 53 462 000 | 53 751 000 |
1 Saldert budsjett
Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje medverknad i internasjonale skogpolitiske prosessar og anna internasjonalt skogsamarbeid.
Noreg arbeider for eit forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FNs skogforum (UNFF) er ein sentral arena for dette globalt, mens FOREST EUROPE er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk på regionalt nivå i Europa. Det europeiske instituttet for skogforsking (EFI) er ein internasjonal organisasjon der Noreg er medlemsstat og deltek i møte i styrande organ. EFI driv forsking og utgreiing av europeiske skogspørsmål, og er ein sentral aktør i å utarbeide kunnskapsgrunnlag for utvikling av skogpolitikk både nasjonalt og internasjonalt. Det regionale skogsamarbeidet i FN-regi skjer gjennom United Nations Economic Commission for Europe (UNECE) og FNs organisasjon for mat og landbruk (FAO), der Noreg deltek. Noreg er òg medlem i andre regionale gjennom arbeidsgruppa Working Group on Barents Forest Sector innanfor Barentssamarbeidet, og eit sirkumborealt samarbeid der òg Canada og USA deltek. Vidare er skog og skogbruk ein del av samarbeidet i Nordisk ministerråd.
Løyvinga dekkjer òg norsk medverknad i andre forum for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål. Løyvinga må sjåast i samanheng med løyvinga til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på kap. 1136, post 50, som skal dekkje bidrag frå instituttet til internasjonalt skogpolitisk samarbeid.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 1,2 mill. kroner på posten.
Noreg har i 2023 bidrege med 850 000 kroner til eit fond som finansierer verksemda i Policy Support Facility under EFI. Programmet koplar forsking og politikkutvikling, og er eit godt bidrag til kunnskapsutvikling knytt til nasjonal skogpolitikk og europeisk skogpolitisk samarbeid.
The International Union of Forest Research Organizations (IUFRO), eit internasjonalt samarbeid mellom skogforskingsinstitusjonar, arrangerte sin verdskongress i Sverige i 2024. Kongressen blei arrangert i samarbeid mellom dei nordiske og baltiske landa. Noreg støtta arbeidet med 300 000 kroner i 2023.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,5 mill. kroner. Hovuddelen av løyvinga vil bli nytta til å føre vidare bidraget til arbeidet i EFI. Løyvinga skal òg nyttast til vidare oppfølging av internasjonalt skogsamarbeid.
Post 72 Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)
Formål med løyvinga
Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) er ei privat, sjølvstendig stifting som arbeider for å utvikle økologisk landbruk gjennom forsking, utvikling, formidling, rådgiving og informasjonsarbeid. Fagområda er økologisk landbruk og forbruk, miljø og berekraft og fornybar energi. Løyvinga skal nyttast til utvikling og formidling av kunnskap om produksjon og forbruk av økologisk mat. Ein mindre del av midlane kan gå til forskingsretta arbeid.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 8,0 mill. kroner på posten. Som overordna føring for NORSØK sin bruk av løyvinga for 2023, ligg Nasjonal strategi for økologisk jordbruk 2018–2030 og tilhøyrande Økologiprogram 2019–2030.
I 2023 har NORSØK formidla kunnskap om økologisk produksjon og forbruk gjennom foredrag på kurs, konferansar og fagdagar, skriftlege artiklar på nettsider og populærvitskaplege artiklar, utarbeidd meir omfattande dokument som fagrapportar og temaark (Faginfo) og utarbeidd informasjonsfilmar. NORSØK leverer mellom anna fast ulike artiklar til fagbladet Økologisk landbruk som blir gitt ut av Norsk Landbruksrådgiving. Nettsida agropub.no blir driven av NORSØK. Agropub hadde 148 000 unike brukarar i 2023, ein nedgang på om lag 7 pst. frå 2022. NORSØK har òg det norske redaktøransvaret for det internasjonale nettstaden Organic e-print, der vitskaplege og populærvitskaplege publikasjonar blir lagde ut.
I 2023 har NORSØK publisert 8 vitskaplege artiklar i tidsskrift med fagfellevurdering, 8 rapportar i eigen rapportserie, 6 NORSØK-faginfo, 17 informasjonsfilmar og 33 populærvitskaplege artiklar for tidsskrift og nett.
NORSØK er representert i ei rekkje faste samarbeidsforum/arenaer der sentrale aktørar for utvikling av økologisk jordbruk i Noreg møtast. Dei har òg eit breitt samarbeid med forskingsinstitusjonar, organisasjonar, rådgivingsapparat med meir.
NORSØK deltok i 2023 i fleire FoU-prosjekt og utgreiingar, der løyvinga inngår som heile eller delar av finansieringa av prosjekta. I tråd med føringar for løyvinga har NORSØK arbeidd med tematiske satsingar innanfor tema som agronomi, jordkvalitet, planteproduksjon, biologisk mangfald, driftsopplegg i økologisk produksjon, fornybar energi, og småskala matproduksjon og forbruk. Midlane blei òg nytta til arbeid med samarbeid og nettverk og formidling saman med Norsk Landbruksrådgiving. Det er ei vidareføring av den tidlegare satsinga på økologiske føregangsfylke.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 10,0 mill. kroner til NORSØK. Bruk av løyvinga skal vere i tråd med Nasjonal strategi for økologisk jordbruk 2018–2030. Midlane skal nyttast til kunnskapsutvikling og -formidling om produksjon og forbruk av økologisk mat. Ein mindre del av midlane kan gå til forskingsretta arbeid innanfor særskilde tematiske satsingar. NORSØK skal òg halde fram med samarbeidet med Norsk Landbruksrådgiving om å vidareutvikle faglege nettverk for økologisk jordbruk, i tillegg til å styrkje arbeidet med fagområda økologisk frukt og bær, grønsaker, potet, veksthus, korn, mjølk, kjøtt og jord.
Post 73 Nasjonalt senter for fjellandbruk
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til eit nasjonalt senter for fjellandbruk. Målet med løyvinga er å fremje eit lønsamt og berekraftig landbruk i fjellområda, med utgangspunkt i fjellbygdene sine særtrekk og fortrinn. Øystre Slidre kommune tok i 2023 over Løken gard vederlagsfritt frå staten for å leggje til rette for eit nasjonalt senter for fjellandbruk.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 2,8 mill. kroner på posten. Senteret tilsette dagleg leiar i desember 2023.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,4 mill. kroner til nasjonalt senter for fjellandbruk på Løken gard i Øystre Slidre kommune. Midlane skal gå til senteret sine aktivitetar, som rådgiving, formidling av kunnskap og bygging av nettverk.
Post 74 Opplysningstiltak i landbruket
Formål med løyvinga
Løyvinga dekkjer tilskott til opplysningstiltak i landbruket. Målet med løyvinga er å gi auka kunnskap og interesse for berekraftig landbruk og for verdien av norsk landbruksproduksjon. Målgruppa for tilskottet er organisasjonar, institusjonar og kommunar som gjennomfører prosjekt innanfor formålet.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 1,0 mill. kroner på posten. Midlane blei kunngjorte, og departementet fekk 27 søknader om tilskott til ulike opplysningstiltak. Fem tiltak fekk tilskott.
Budsjettframlegg 2025
Posten blir avvikla frå og med 2025.
Post 75 Dyrsku’n
Formål med løyvinga
Løyvinga dekkjer tilskott til Dyrsku’n. Arrangementet er ein viktig, nasjonal samlings- og formidlingsarena for dei som har interesse for norsk matproduksjon, handelsverksemd, jordbruk, skogbruk, lokalmat og reiseliv. Arrangementet framhevar dessutan viktige kvalitetar ved norsk landbruk og matproduksjon, og kan dermed stimulere til auka rekruttering til landbruksnæringa. Løyvinga skal bidra til at Dyrsku’n i større grad skal ha aktivitetar for å fremje lokalmat og aktivitetar knytt til husdyr, og andre utvalde jordbruksaktivitetar. Aktivitetane som kan dekkjast av løyvinga skal vere knytte til varer som ikkje er omfatta av EØS-avtalen, slik at tildelinga ikkje kjem i konflikt med EØS-avtalen sine reglar for statsstøtte.
Rapportering 2023
Posten er ny frå 2025.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,0 mill. kroner til Dyrsku’n.
Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
21 | Spesielle driftsutgifter – Svalbard globale frøhvelv | 12 772 | 11 934 | 12 249 |
50 | Miljøregistreringar i skog | 6 647 | 4 824 | 4 951 |
70 | Tilskott til bevaring og berekraftig bruk av husdyr-, plante og skogtregenetiske ressursar | 7 690 | 7 457 | 7 654 |
71 | Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak, kan overførast | 7 864 | 9 140 | 9 681 |
Sum kap. 1139 | 34 973 | 33 355 | 34 535 |
Post 21 Spesielle driftsutgifter – Svalbard globale frøhvelv
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje drift av Svalbard globale frøhvelv, under dette husleige, driftsutgifter, koordinering av frømottak og informasjon til depositørar og til omverda. Det globale tryggingslageret for frø på Svalbard har god oppslutning frå genbankane i verda. Landbruks- og matdepartementet har inngått avtale både med internasjonale jordbruksforskingssentre, nasjonale frøbevaringsinstitusjonar og private frøsamlingar om langsiktig sikringslagring av deira frø på Svalbard. Frøkvelvet blir drifta i eit samarbeid mellom departementet, Nordisk genressurssenter (NordGen) og den internasjonale organisasjonen Global Crop Diversity Trust. Internasjonale aktørar, det internasjonale panelet for frøkvelvet og partsmøte i Den internasjonale plantetraktaten, er støttespelarar i drifta av frøkvelvet.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 12,8 mill. kroner på posten.
I 2023 blei det lagt inn totalt 71 895 nye sikkerheitskopiar av frø frå i alt 41 genbankar rundt om i verda. 8 nye genbankar (frå Albania, Kroatia, Nord-Makedonia, Benin, Italia, Armenia, Kenya og Tyskland) tok i bruk frøkvelvet for første gong. På slutten av 2023 var frøkvelvet teke i bruk som sikringslager for frø av 102 genbankar, og i alt 1 267 127 variantar av frø av det totale globale mangfaldet av mat- og jordbruksplanter er sikra på Svalbard. I 2023 blei 15 års drift av frøkvelvet markert på ulikt vis gjennom året. I februar deltok ei rekkje 15-åringar på Svalbard då 20 genbankar verda over la inn nye frø. Ein virtuell tur i frøkvelvet blei utvikla for publikum og andre som ikkje har høve til å komme inn i frøkvelvet som følgje av dei strenge tryggingstiltaka. Eit 100 års-prosjekt for overleving av frø i frøkvelvet blei sett i verk i samarbeid med genbankar i mange regionar. På slutten av 2023 har om lag 70 pst. av frøboksane i frølageret fått innhaldsmerking på nanofilm.
I 2023 var interessa frå media, besøkjande og interessentar rundt om i verda tilbake på same nivå som i tida før koronapandemien. Oppfølging av felles kommunikasjonsstrategi og samlande bodskap, og dessutan nye informasjonsskilt, var sentrale verktøy for å møte denne interessa. I 2023 blei løyvinga nytta til å dekkje leigekostnader og drift til Statsbygg og til NordGens arbeid med frøhandtering og kontakt med media og depositørar. Det internasjonale fondet for fordelsdeling fekk òg sitt årlege bidrag på 1,1 mill. kroner på denne posten.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 12,2 mill. kroner til drift av Svalbard globale frøhvelv. Løyvinga kan òg nyttast til tiltak under Den internasjonale plantetraktaten.
Post 50 Miljøregistreringar i skog
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje utgifter til kunnskapsutvikling og metodeutvikling innanfor miljøregistreringar i skog. Registreringane skal leggje til rette for at skogbruket kan ta omsyn til biologisk mangfald og andre miljøverdiar ved berekraftig forvaltning av skogressursane.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 6,6 mill. kroner på posten.
Miljøregistreringane er baserte på klassifiseringssystemet Natur i Norge (NiN), og det har resultert i kartlagde livsmiljø som gir grunnlag for etablering av nøkkelbiotopar. Nøkkelbiotopane gir grunnlag for miljøomsyn i skogbruket, for miljøsertifiseringa i skogbruket, og blir nytta av skogeigarane for å finne område som kan vere aktuelle for frivillig vern. Meld. St. 6 (2016–2017) Verdier i vekst – Konkurransedyktig skog- og trenæring la vekt på auka avverking i skogen. Samstundes blei det lagt vekt på å styrkje varetakinga av miljøomsyn i skogbruket. Registrering av miljøinformasjon i skog blei innført gjennom MiS-kartlegginga i 2001 som ein del av skogbruksplanlegginga. Om lag 75 000 nøkkelbiotopar med eit samla areal på rundt 1,3 mill. dekar er til no sett til side av skogeigarane – i hovudsak som ikkje-hogstområde.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 5,0 mill. kroner. Løyvinga skal gå til vidare kunnskapsoppbygging omkring biologisk mangfald og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga gjennom prosjektet Miljøregistreringer i skog (MiS) ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Landbruksdirektoratet, som nasjonal fagstyresmakt, har ansvaret for kartleggingsmetodikken og verkemiddelbruken retta mot mellom anna skogbruksplanlegging med miljøregistreringar. NIBIO skal, på oppdrag frå Landbruksdirektoratet, òg forvalte MiS-data i ein eigen database, og vise dei saman med anna, relevant miljøinformasjon frå ulike kjelder i karttenesta Skogportalen. Tenesta er tilpassa bruken til næringa og offentleg forvaltning.
Departementet, Landbruksdirektoratet og MiS-prosjektet ved NIBIO skal framover samarbeide om å følgje opp rapporten Den eldste skogen og nøkkelbiotopene (2021), og andre resultat og erfaringar frå forskinga og arbeidet med miljøregistreringane. Oppfølginga skal betre opplegget for registreringane.
Landbruksdirektoratet skal i samarbeid med Landsskogtakseringen følgje opp oppmodingsvedtak nr. 519, jf. dokument 8:40 S (2022–2023) om å sikre at intensjonen med miljøregistreringane er teken i vare, og at miljøregistreringane har tilstrekkeleg kvalitet. Dei har utvikla eit kontrollopplegg som skal gjennomførast i feltsesongane 2024 og 2025. NIBIO tek sikte på å evaluere både miljøregistreringsinstruksen og oppfølginga av han etter om lag 20 år med slike miljøregistreringar.
Post 70 Tilskott til bevaring og berekraftig bruk av husdyr-, plante- og skogtregenetiske ressursar
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til bevaring og berekraftig utvikling og bruk av husdyr-, plante- og skogtregenetiske ressursar som har eller kan få verdi for mat og landbruk i Noreg, jf. forskrift om tilskott til genressurstiltak. Midlane blir forvalta av Landbruksdirektoratet.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 7,7 mill. kroner på posten.
Det blei innvilga tilskott til i alt 60 drift- og prosjekttiltak. Alle tilskotta gjekk til aktivitetar som skal sikre genressursane på lang sikt. Døme på dette er tilskott til avlslag, bevaringsbesetningar og klonarkiv som tek hand om truga husdyrrasar, og plante- og skogtregenetiske ressursar i samarbeid med Norsk genressurssenter. Det blei som tidlegare gitt støtte til drifta av genbanken for verpehøns på Hvam, der dei tidlegare kommersielle verpehønslinene er bevarte i ein levande genbank. Den norske delen av medlemskontingentar i dei europeiske landa sine samarbeidsorgan for genetiske ressursar innanfor nytteplanter (ECPGR), husdyr (ECPGR) og skogtre (EUFORGEN) blei dekt av posten.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,7 mill. kroner. Forskrift om tilskott til genressurstiltak opnar for å gi tilskott til prosjekt i inntil tre år. Forskrifta har òg ein regel om at minst 25 pst. av tilskottet skal haldast tilbake til prosjektet er fullført, og sluttrapport og sluttregnskap er godkjende. Det er difor knytt ei tilsegnsfullmakt til posten på 8,0 mill. kroner, jf. tabell 5.5 og framlegg til vedtak IV.
Tabell 5.5 Tilsegnsfullmakt for tilskott til genressurstiltak i 2025. (i mill. kroner)
Ansvar 1.1.2024 | 7,4 | |
+ | Venta tilsegn i 2024 | 7,8 |
= | Sum | 15,2 |
- | Venta utbetalingar i 2024 | 7,5 |
= | Venta ansvar 31.12.2024 | 7,7 |
+ | Venta nye tilsegn i 2025 | 8,0 |
= | Sum | 15,7 |
Framlegg til løyving i 2025 | 7,7 | |
Tilsegnsfullmakt i 2025 | 8,0 |
Det er ei sentral målsetjing for bruken av midlane å sikre langsiktig bevaring av genetiske ressursar og bidra til iverksetjing av Nasjonal tiltaksplan for genetiske ressursar for mat og landbruk (2024–2028) i tråd med Nasjonal strategi for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk (2019). I 2025 vil det bli lagt vekt på at midlane skal støtte opp om eit heilskapleg nasjonalt bevaringsprogram for bevaringsverdige husdyr, nytteplanter og skogtre, og stimulere til auka bruk av slike ressursar for å oppnå effektive og biobaserte innovasjonar i norsk matproduksjon og bidra til auka verdiskaping i Noreg.
Post 71 Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje støtte til tiltak innanfor målet om berekraftig bruk og eit sterkt vern av areal og ressursgrunnlag i landbruket. Løyvinga omfattar tiltak for å styrkje nasjonalt og internasjonalt arbeid med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 7,9 mill. kroner på posten.
Nordisk genressurssenter (NordGen) fekk 1,8 mill. kroner i øyremerkte midlar. Løyvinga har gått til den faglege verksemda i NordGen knytt til husdyr og skogtre, og som er lokalisert i Noreg. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i fagleg kontakt med Norsk genressurssenter ved NIBIO og andre faginstitusjonar på Ås.
Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest fekk til saman tildelt 5,1 mill. kroner. Sentera har ansvar for å fremje dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest.
Stiftinga Det norske arboret fekk 400 000 kroner til arbeidet med samlingar av tre og buskar som eignar seg for norske forhold, og til formidlingsverksemd.
Landbruksdirektoratet fekk i 2023 færre søknader enn forventa til ordninga med tilskott til kommunale jordvernstrategiar. Ordninga er eit tiltak under revidert nasjonal jordvernstrategi frå 2023. Det blei gitt tilsegn til ni søknader for tiltak i elleve kommunar, på til saman 500 000 kroner.
Den nasjonale kulturlandskapsprisen for 2023 blei tildelt Skjolden beitelag i Mørkridsdalen. Prisen var på 90 000 kroner.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 9,7 mill. kroner. Fordeling av løyvinga på tiltak går fram av tabell 5.6.
Tabell 5.6 Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak (i 1 000 kroner)
Tiltak | Budsjett 2024 | Budsjett 2025 |
---|---|---|
Genressursforvaltning, inkl. Nordisk genressurssenter (NordGen) | 1 800 | 1 850 |
Nasjonalt senter for nordlandshest/lyngshest og Norsk Fjordhestsenter | 4 950 | 5 100 |
Stiftinga Det norske arboret | 410 | 411 |
Oppfølging av den nasjonale jordvernstrategien | 1 850 | 2 200 |
Kulturlandskapspris o.a. | 130 | 120 |
Sum | 9 140 | 9 681 |
Fleire tiltak som blir finansiert av denne posten bidreg til å oppfylle Noregs bidrag til FNs mål for berekraftig utvikling og bidra til iverksetjing av den Nasjonale tiltaksplanen for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk i tråd med Nasjonal strategi for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar for mat og landbruk: Forråd av gener – muligheter og beredskap for framtidas landbruk.
Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i NordGen, mellom anna det nordiske samarbeidet om før-foredling, som er eit langsiktig tiltak for å utvikle klimatilpassa plantemateriale. Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogtre lokalisert i Noreg. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokalisering med Norsk genressurssenter.
Departementet vil føre vidare tilskott til Norsk Fjordhestsenter og Nasjonalt senter for nordlandshest og lyngshest, mellom anna til oppgåver dei utfører i samarbeid med raselaga for å fremje og vareta dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest.
Departementet vil føre vidare eit driftstilskott til Det norske arboret. Arboretet bidreg til forsking og undervisning innanfor landbruksrelatert plantekunnskap.
Løyvinga skal òg dekkje tiltak knytte til oppfølging av den nasjonale jordvernstrategien som Stortinget handsama i 2023, under dette tilskott til kommunale jordvernstrategiar og samarbeid med KS (kommunesektoren sin interesseorganisasjon), om auka plankompetanse gjennom SEVS (Sekretariatet for etter- og videreutdanning i samfunnsplanlegging).
Kap. 1140 Haustbare viltressursar – forvaltning og tilskott til viltformål (Viltfondet) m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 13 653 | 13 129 | 14 129 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 32 661 | 32 683 | 33 183 |
71 | Tilskott til viltformål, kan overførast | 37 294 | 39 778 | 38 578 |
Sum kap. 1140 | 83 608 | 85 590 | 85 890 |
Løyvingane under kap. 1140
Kapittelet omfattar utgifter til tiltak innanfor viltforvaltninga. Direktoratsansvaret for dei haustbare viltressursane blir frå 1. januar 2025 flytta frå Miljødirektoratet til Landbruksdirektoratet, jf. omtale under kap. 1142, post 01.
Kvart år betaler jegerane inn jeger- og fellingsavgifter til Viltfondet. Desse midlane blir inntektsførte på kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet, post 72 Jeger- og fellingsavgifter, og blir nytta til tiltak som fremjar viltforvaltninga, jf. Viltlova § 43.
Inntektsløyvingane på kap. 5576 finansierer utgifter til viltforvaltning på kap. 1140 og 1142 under Landbruks- og matdepartementet, og utgifter til nasjonal jaktstatistikk i SSB på kap. 1620, post 01, under Finansdepartementet. For nærare omtale av avgiftene og disponering av inntektene til Viltfondet, sjå kap. 5576.
Løn og godtgjersler til fast tilsette innanfor det statlege verksemdsområdet, når det gjeld arbeidet med haustbare viltressursar, blir ikkje dekte av kap. 1140, men av kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet, kap. 1142 Landbruksdirektoratet og kap. 525 Statsforvaltarane.
Bruken av midlane i Viltfondet blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet med konkrete tiltak i mange tilfelle krev innsats frå dei frivillige organisasjonane, og at dei sentrale ledda i desse organisasjonane skal kunne ha synspunkt på disponeringa.
Løyvingane skal nyttast til oppgåver under Landbruks- og matdepartementet når tiltaka er retta mot dei haustbare viltartane, men òg til oppgåver under Klima- og miljødepartementet når tiltaka er retta mot artar som ikkje er rekna som haustbare. Budsjettmidlane blir fordelte mellom haustbare og ikkje-haustbare artar basert på erfaringstal.
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje utgifter til løn og godtgjersler for dei statlege villreinnemndene og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltninga, som det nasjonale Jegerregisteret i Brønnøysund, og utvikling og drift av betalingstenesta for jegeravgifta. Midlane på posten er i hovudsak retta mot dei haustbare viltressursane.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 13,7 mill. kroner på posten.
Villreinnemndene arbeider for ei langsiktig og berekraftig forvaltning av villrein og leveområda deira. Arbeidet i villreinnemndene er ført vidare. For enkelte av nemndene krev Skrantesjuke (CWD) auka innsats. Arbeidet i Jegerregisteret held fram og blir utvikla vidare gjennom fleire digitaliserte tenester.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,1 mill. kroner. Oppfølging av Meld. St. 18 (2023–2024) Ein forbetra tilstand for villrein vil krevje auka innsats frå villreinnemndene.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som blir sikra gjennomførte av Landbruksdirektoratet. Midlane under posten er retta mot større nasjonale tiltak, mellom anna kjøp av tenester. Der regionale eller sentrale styresmakter set i verk oppdrag hos andre, eller kjøper tenester der det er krav om ulike leveransar, skal utgiftene dekkjast av post 21. Dette gjeld mellom anna nasjonale overvakingsprogram, digitaliseringsprosjekt, forsking og utgreiingar.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 32,7 mill. kroner på posten.
Utgifter til drift og utvikling av Hjorteviltregisteret blir dekte av denne posten. Hjorteviltregisteret er bygd opp for å sikre opplysningar om jegerobservasjonar og felte dyr under jakt. Kommunen er pålagd å nytte dette i si forvaltning og rapportering av data til statistiske formål, mellom anna til SSB. Registeret er òg sentralt i formidling av data om skrantesjukeanalysar. Data frå bestandsovervakingsprogrammet for hjortevilt blir lagra i registeret. Her blir òg informasjon om alle tilfelle som gjeld fallvilt registrert, mellom anna viltpåkøyrslar på veg og bane. Utgifter til ulike forskingsprosjekt på haustbare artar i regi av forskingsinstitusjonar er førte på posten, i tillegg til drift av program for bestandsovervaking av hjortevilt og helseovervaking av vilt. Arbeidet med å digitalisere jegerdokumentasjonen held fram i dialog med brukarinteressene.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 33,2 mill. kroner. Løyvinga i 2025 skal prioriterast til nasjonale overvakingsprogram innanfor vilthelse og -bestandar, drift og utvikling av Hjorteviltregisteret, og naudsynt forsking og utvikling. Hjorteviltregisteret er sentralt for varetaking og bruk av data om hjortevilt, både for kommunar og andre. Ved overføringa av ansvar for dei haustbare vilressursane til Landbruksdirektoratet må løysinga for Hjorteviltregisteret tilpassast til Landbruksdirektoratet si IT-plattform. Løyvinga må sjåast i samanheng med midlane som blir tildelte som tilskott under post 71.
Post 71 Tilskott til viltformål, kan overførast
Formål med løyvinga
Midlane på posten er retta mot å byggje opp kunnskapsgrunnlaget for forvaltning av viltressursane og auka næringsutvikling. Målet for tilskottsordninga er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskott av vilt, og til å ta vare på produktiviteten og mangfaldet i naturen regionalt og nasjonalt. Tiltaka som blir sette i verk skal gi betre kunnskap om artar og bestandar og korleis dei kan haustast på den beste måten.
Det kan bli gitt tilskott innanfor område som jakt og jaktmoglegheiter, viltkartlegging, innarbeiding av leveområde for vilt og viltinteresser i kommunale planar etter plan- og bygningslova, samarbeid om viltforvaltninga lokalt og oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, forskings- og studentoppgåver og andre særleg prioriterte viltformål. Søknader om tilskott til tiltak som inngår som ein del av eit planbasert arbeid, blir prioriterte.
Innanfor desse rammene skal posten dekkje tiltak i samband med forvaltning av hjortevilt, under dette tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskott til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar og andre.
Vidare skal posten dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, og utvikling av driftsplanar. Innbetalte fellingsavgifter skal førast tilbake til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda.
Midlar på posten kan òg gå til tilskott til vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, og lokale vilttiltak og utviklingstiltak som er naudsynte for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak. I tillegg blir tilskottsmidlane som fylkeskommunane nyttar til haustbart vilt, førte på denne posten. Den enkelte fylkeskommune kan etter søknad gi midlar til praktiske tiltak knytte til haustbare artar. Det vil òg kunne tildelast tilskott til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innanfor viltforvaltninga.
I tillegg skal posten dekkje utgifter til overvaking for å sikre kontinuerleg oversikt over bestandsstatus og utvikling av artar og grupper av viltartar. Overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk sentrale, regionale og lokale tiltak for forvaltning og justering av verkemiddel og avdekkje kunnskapsbehov.
Kontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskott leverer sluttrapportar, rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Den faktiske verknaden av tilskotta kan ikkje vurderast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaker.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 37,3 mill. kroner på posten.
For 2023 blei det levert 629 søknader i Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Av desse var 144 stila til Miljødirektoratet, mens resten blei handsama regionalt. Nokre søknader er sende fleire mottakarar. Det blei gitt tilskott til dei fleste aktørar og grupperingar som arbeider med viltforvaltning. Ordninga med elektronisk innlevering av søknader fungerer godt, og det er gitt tilskott til ulike tiltak i regi av enkeltpersonar, organisasjonar og lag. Løyvinga på posten har òg gjort det mogleg at søkjarar kan medverke i prosjekt der andre har ansvar for hovudfinansieringa, til dømes prosjekt under Noregs forskingsråd. Ordninga er vidare nytta til støtte til studentar som har gjennomført prosjekt med fagleg relevans for viltforvaltninga.
Det er eit mål at resultata frå bruken av tilskottsmidlane skal bli tilgjengelege for alle interesserte. Rapportar frå prosjekt og oppnådde resultat er tilgjengelege under søknadsarkiv i Miljødirektoratets elektroniske søknadssenter. Det er for ein stor del dei same som betaler avgift som søkjer om tilskott, og som nyttar resultata. Dette fører til ein god samanheng mellom tiltakstypar og årlege behov for resultat. Dei som nyttar tilskottsordningane eller resultata har eigeninteresse i å oppnå dei nasjonale måla, ettersom måloppnåinga er naudsynt for å kunne halde oppe haustinga og ha eit tilstrekkeleg kunnskapsunderlag for forvaltninga.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 38,6 mill. kroner.
Kap. 1141 Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
23 | Jegerprøve m.m., kan overførast | 4 267 | 4 071 | 4 680 |
75 | Organisasjonar – haustbare viltressursar | 9 011 | 8 404 | 8 626 |
Sum kap. 1141 | 13 278 | 12 475 | 13 306 |
Post 23 Jegerprøve m.m., kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje drift av ordninga med den obligatoriske jegerprøva.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 4,3 mill. kroner på posten.
Gebyrinntektene frå kap. 4141, post 01, dekkjer utgiftene under posten, som til dømes vedlikehald av undervisningsmateriell, utdanning av jegerprøveinstruktørar, drift av e-læring, eksamensordningar, og elektronisk betalingsløysing for eksamensgebyret og vidareutvikling av jegerprøva.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,7 mill. kroner. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4141, post 01, jf. framlegg til vedtak II.
Post 75 Organisasjonar – haustbare viltressursar
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tiltak som fremjar jaktbasert friluftsliv, og andre tiltak som kan gi grunnlag for auka næringsutvikling og verdiskaping basert på haustbare viltressursar.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 9,0 mill. kroner på posten.
Av dette blei det nytta 2,0 mill. kroner til tilskott til tiltak som kan gi barn og unge auka forståing for bruk av utmarksressursane. Det kom til saman 36 søknader om tilskott i 2023. Samla blei det søkt om 5,7 mill. kroner. 11 søknader blei heilt eller delvis innvilga, og heile tilskottsramma blei brukt.
Norges Jeger- og Fiskerforbund fekk tildelt 5,0 mill. kroner til sine aktivitetar knytte til jakt og fangst på haustbare viltressursar.
Stiftinga Norsk Hjortesenter fekk tildelt 2,0 mill. kroner for å halde fram som kompetansesenter for hjort – både viltlevande og i oppdrett.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 8,6 mill. kroner. Fordeling av løyvinga på tiltak går fram av tabell 5.7.
Tabell 5.7 Fordeling av midlar på kap. 1141, post 75 (i 1 000 kroner)
Tiltak | Budsjett 2024 | Budsjett 2025 |
---|---|---|
Tiltak for barn og unge – bruk av utmarksressursar | 1 200 | 1 206 |
Norges Jeger- og Fiskerforbund | 5 050 | 5 200 |
Stiftinga Norsk Hjortesenter | 2 154 | 2 220 |
Sum kap. 1141, post 75 | 8 404 | 8 626 |
Det vil bli gitt tilskott til tiltak for å gi barn og unge auka forståing for bruk av utmarksressursane.
Tilskott til Norges Jeger- og Fiskerforbund, vil òg bli ført vidare. Forbundet sine aktivitetar bidreg til rekruttering til jakt og fangst. Forbundet bidreg òg til informasjon, kunnskapsutvikling og kompetansebygging om vilt og viltforvaltning.
I tillegg vil tilskott til stiftinga Norsk Hjortesenter bli ført vidare. Norsk Hjortesenter bidreg til kunnskapsutvikling om hjort, hjorteforvaltning og foredling av viltkjøtt. Norsk Hjortesenter skal arbeide vidare for at både viltlevande hjort og hjort i oppdrett og viltkjøtt kan gi grunnlag for auka næringsutvikling og verdiskaping generelt og i landbruket spesielt.
Kap. 4141 Haustbare viltressursar – jegerprøve, tilskott til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Jegerprøve, gebyr m.m. | 4 745 | 4 071 | 4 680 |
Sum kap. 4141 | 4 745 | 4 071 | 4 680 |
Post 01 Jegerprøve, gebyr m.m.
Formål med løyvinga
Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1141, post 23, til å drifte ordninga med jegerprøva, jf. forskrift 22. mars 2002 nr. 313 om utøving av jakt, felling og fangst.
Rapportering 2023
Inntektene blei 4,7 mill. kroner.
I 2023 var det til saman 12 715 eksamensgjennomføringar, noko som var ein nedgang på 1 088 frå året før.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,7 mill. kroner. Kvar kursdeltakar som gjennomfører jegerprøveeksamen må betale eit eksamensgebyr per eksamensforsøk. Jegerprøvegebyret blei sist endra i 2023. I framlegg til løyving er gebyret justert frå 360 kroner til 390 kroner per eksamensforsøk frå 2025. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1141, post 23, til å drifte ordninga med jegerprøva. Kap. 1141, post 23, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. framlegg til vedtak II.
Kap. 1142 Landbruksdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsutgifter | 259 848 | 272 544 | 298 230 |
21 | Spesielle driftsutgifter – Beredskapslagring av korn | 1 073 | 63 409 | 70 935 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 10 919 | 12 976 | 12 760 |
50 | Arealressurskart | 7 583 | 8 039 | 8 251 |
60 | Tilskott til veterinærdekning | 188 130 | 196 392 | 201 779 |
70 | Tilskott til fjellstuer | 832 | 862 | 885 |
71 | Tiltak for berekraftig reindrift, kan overførast | 3 395 | 5 286 | 5 926 |
72 | Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving | 565 | 600 | 630 |
73 | Tilskott til erstatningar m.m. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving | 58 779 | 55 610 | 55 610 |
74 | Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagt beitenekt | 126 | 1 000 | 1 000 |
75 | Stønad til jordbruks- og veksthusnæringa for ekstraordinære straumutgifter, overslagsløyving | 468 124 | 102 300 | 59 544 |
77 | Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast | 764 769 | 250 000 | 150 000 |
78 | Tilskott til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast | 18 881 | 34 000 | |
79 | Tilskott til reindrifta for del av verdiskaping frå vindkraft | 6 000 | ||
80 | Beredskapslager matmjøl | 1 000 | ||
81 | Tilskott til næringsmiddelbedrifter i Troms og Finnmark | 14 000 | ||
Sum kap. 1142 | 1 783 024 | 1 003 018 | 886 550 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Hovudformålet med løyvinga er drift av Landbruksdirektoratet. Direktoratet er lokalisert i Oslo, Steinkjer og Alta.
Landbruksdirektoratet er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og dei handelspolitiske verkemidla på landbruksområdet, og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Direktoratet er òg sekretariat for Norsk-Finsk Reingjerdekommisjon, Økonomisk Utval, Omsetningsrådet, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, styret for forskingsmidlar over jordbruksavtalen, styret for Utviklingsfondet for skogbruket, Klagenemnda for naturskadesaker, Reindriftsstyret, styret for Reindriftens utviklingsfond, Markedsutvalget for reinkjøtt og Klagenemnd for merkesaker.
Hovudoppgåva til Landbruksdirektoratet er samordna, heilskapleg og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot primærlandbruket, landbruksbasert næringsmiddelindustri og handel. Verkemidla på området, som Landbruksdirektoratet skal forvalte i samsvar med lov, forskrift og/eller regelverk for ordningane, skal bidra til god måloppnåing innanfor hovudmåla for landbruks- og matpolitikken. Landbruksdirektoratet skal gjennom rettleiing og kontroll bidra til å sikre at verkemidla blir forvalta trygt og effektivt i samsvar med regelverket. Direktoratet har vidare oppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap som omfattar handtering av hendingar og kriser på områda matforsyning, reindrift, skog, naturskade og avlingsskade.
Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over utviklingstrekk i ressursgrunnlaget og heile verdikjeda. Dei skal òg bidra til erfaringsutveksling med næringa og samarbeid med anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåing opp mot gjeldande politiske mål og gi innspel til departementet om utvikling av verkemiddel, under dette forenkling. Direktoratet skal drive formidling av fag- og forvaltningskompetanse og av kompetanse om landbruks- og matpolitikk til regional og lokal forvaltning.
Landbruksdirektoratet skal samarbeide med statsforvaltaren for å bidra til god lov- og tilskottsforvaltning på regionalt og lokalt nivå.
Landbruksdirektoratet har desse forvaltningsområda:
areal, skogbruk, haustbare viltressursar, ressursforvaltning, klima, miljø og økologisk jordbruk
reindrift
inntekts- og velferdspolitiske tiltak
marknadstiltak, handel og industri
digitalisering og organisasjon
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 259,8 mill. kroner på posten.
Matproduksjonen i verda har vore i ein ekstraordinær situasjon dei siste åra. Samfunnstryggleik og beredskap har fått auka merksemd og har kravd auka innsats i 2023, mellom anna som følgje av klimaendringar, pandemi og krigen i Ukraina. Auka kostnader, forsyningsutfordringar og stigande matvareprisar har prega marknadene òg i 2023. Sesongen var først prega av tørke på Sør- og Austlandet. Etter tørken på forsommaren kom uvêret «Hans» i starten av august 2023. «Hans» førte med seg enorme regnmengder, særleg på Austlandet og delar av Trøndelag. Vassmengdene førte til omfattande skadar på avlingar, vegar, bygg og infrastruktur. Dette har ført til høg arbeidsmengd i direktoratet.
Den mellombelse straumstønadsordninga for jordbruks- og veksthusnæringa blir forvalta av Landbruksdirektoratet. Vel 15 000 jordbruksføretak, 250 veksthus og 60 vatningslag har søkt om stønad gjennom ordninga i 2023. Det har blitt utbetalt om lag 454 mill. kroner gjennom ordninga i 2023.
Landbruksdirektoratet har òg ansvaret for forvaltning av erstatnings- og kompensasjonsordningar etter avvikling av hald av pelsdyr. Ressursinnsatsen i 2023 blei hovudsakleg konsentrert om å tilby ei førebels erstatning til alle søkjarar i samband med at det blei forseinkingar i takseringsarbeidet og sakshandsaminga av endelege tilbod. Alle takstrapporter utarbeidde av Norsk Landbrukstakst blei leverte til direktoratet før utgangen av året 2023.
Direktoratet har i 2023 halde fram med å forbetre arbeidet knytt til kontroll med tilskottsforvaltninga som er lagd til lokal og regional forvaltning. Direktoratet har i 2023 hatt omfattande kontakt med statsforvaltaren for å formidle fag- og forvaltningskompetanse.
I utviklinga av digitale tenester i direktoratet er det behovet til brukaren som står i sentrum, og direktoratet har arbeidd med å utvikle korleis ordningane og regelverket blir innretta for å sikre at tenestene blir enklast mogleg for brukarane av systema.
Eit av delmåla i direktoratet sin strategiske plan er å bli ei datadriven forvaltning, som nyttar data aktivt for å forbetre og effektivisere direktoratet og forvaltninga. Landbruksdirektoratet har gjennomført store prosjekt når det gjeld digitalisering. Nye digitale løysingar for slakteria, og nye digitale løysingar for reindriftsutøvarane og for forvaltninga, blei ferdige i 2023. I tillegg har direktorat arbeidd med modernisering av løysing for produksjonstilskott, ny løysing for straumstøtte, nye løysingar for erstatningsordningane, avvikling av produsentnummer og tilpassing til ny embetsstruktur. I 2023 har direktoratet arbeidd vidare med å få til digitalisering av konsesjonsprosessen, saman med mellom andre Kartverket, KS og Eiendom Norge. Arbeidet med å få på plass finansiering av dette prosjektet held fram i 2024.
Landbruksdirektoratet har ansvaret for drift av Landbruks- og matCERT, som er miljøet til sektoren for handtering av kritiske IKT-hendingar, og som inngår i det nasjonale responsmiljøet. Verksemdene Landbruksdirektoratet, NIBIO, Mattilsynet og Veterinærinstituttet møtest kvar veke for å gå gjennom varsel eller aktuelle hendingar. I 2023 har Landbruks- og matCERT gjennomført to øvingar med deltaking frå desse verksemdene.
Direktoratet har ansvaret for forvaltning av importvernet og handelsavtalane Noreg har inngått. Forvaltninga av importvernet er viktig for å sikre avsetnaden av norsk produksjon og stabile prisar i den norske marknaden. Samtidig skal direktoratet gjennom forvaltninga leggje til rette for import der norsk produksjon ikkje dekkjer behovet i marknaden. Dette krev god dialog med næringsaktørane. Det siste året har mellom anna høge prisar på egg internasjonalt ført til større etterspørsel etter norske egg og underskott i marknaden. Tollavgiftssatsen på egg har difor vore sett ned i store delar av året.
Direktoratet la i 2023 vekt på å vidareutvikle verksemda og tenestene sine. I 2023 leverte Landbruksdirektoratet eit omfattande utgreiingsmateriale til jordbruksoppgjeret og til forhandlingane om reindriftsavtalen. Direktoratet har òg vore ein sentral bidragsytar i ulike utval og arbeidsgrupper.
I 2023 har Landbruksdirektoratet arbeidd med å ta vare på den landbruksfaglege sida (husdyr og rein) i den todelte målsetjinga i rovviltpolitikken. Direktoratet har delteke i ulike kontaktforum på nasjonalt nivå, og har gitt fråsegn til fleire forvaltningsplanar for rovviltregionane.
Arbeidet med å sikre at reintalet er tilpassa beitegrunnlaget blei ført vidare i 2023. Fleire reinbeitedistrikt i Øst- og Vest-Finnmark er framleis over sitt fastsette øvre reintal, og Landbruksdirektoratet har i 2023 halde fram oppfølginga av dei distrikta som er over sitt fastsette reintal. Det blei i 2023 fatta vedtak i Reindriftsstyret om reduksjon av reintal i to av desse reinbeitedistrikta.
I 2023 blei arbeidet med å styrkje beredskapen i reindrifta ført vidare. Landbruksdirektoratet har prioritert den koordinerande rolla i beredskapsarbeidet, og har arrangert felles årleg møte for beredskapsutvala.
Landbruksdirektoratet overtok i 2023 ansvar for oppgåvene knytte til oppfølging av norsk-finsk reingjerdekonvensjon frå Statsforvaltaren i Troms og Finnmark. I tillegg overtok direktoratet ansvaret for vedlikehald av grensegjerde mot Russland. Det blei i 2023 gjennomført vedlikehald av gjerda mot Russland og Finland.
Det blei tildelt 5,0 mill. kroner for å styrkje kompetansen i arealforvaltning og i arbeidet med å vareta reindrifta sitt areal. Det blei tilsett fire nye medarbeidarar til dette hausten 2023.
Landbruksdirektoratet har ei rådgivande og rettleiande rolle på jordvernområdet. Direktoratet deltok og gav fagleg råd til departementet på fleire motsegnsaker som gjaldt kommunal arealplanlegging, både kva gjeld omsynet til jordvern og reindrift. I 2023 greidde direktoratet ut konsekvensane ved bakkemonterte solkraftanlegg for jord- og skogbruksareal, og ga innspel til departementet sitt arbeid med ny nasjonal jordvernstrategi.
I 2023 blei dei to siste av totalt fem nye område innlemma som Utvalde kulturlandskap i jordbruket.
Landbruksdirektoratet samarbeider med miljøforvaltninga på eit breitt område i areal- og miljøsaker. Direktoratet følgjer opp gjennomføring av regionale vassforvaltningsplanar som legg rammene for auka innsats frå mellom anna jordbrukssektoren for god miljøtilstand i vatn og vassdrag. Landbruksdirektoratet har i 2023 ført vidare dialogen med statsforvaltarane på vassmiljøområdet når det gjeld oppfølging av arbeidet med fastsetjing av regionale vassmiljøkrav og oppfølging av Helhetlig plan for Oslofjorden.
Saman med Miljødirektoratet utarbeidde direktoratet i 2023 kunnskapsgrunnlag om økologisk tilstand i skog og utgreiing av tiltak med tilhøyrande verkemiddel som er relevante for å oppretthalde eller betre økologisk tilstand i skog. Direktorata leverte også Tiltaksanalyse for skog- og arealbrukssektoren (LULUCF).
I 2023 gjennomførte direktoratet første søknadsomgang med ny instruks for regionale miljøprogram for perioden 2023–2026. Statsforvaltarane legg instruksen til grunn når dei fastset regionale forskrifter for regionale miljøtilskott for perioden. Direktoratet har gjennomført vedlikehald og vidareutvikling av kartdelen av fagsystemet for ordninga, noko som har gjort systemet meir driftssikkert.
På oppdrag leverte Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet i 2023 rapporten Nitrogen til nytte i jordbruket frå forprosjekt om utgreiing av tiltak og verkemiddel for god nitrogenforvalting i jordbruket. I rapporten tilrådde direktorata at det skulle bli utarbeidd ein handlingsplan for god nitrogenutnytting i jordbruket. Som del av arbeidet leverte Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) rapporten Tiltak for bedre nitrogenforvaltning i norsk jordbruk, som gjennomgår mange nye og etablerte tiltak, med potensial for betre nitrogenhandsaming på gardsnivå, og ei vurdering av det enkelte tiltaket sin nitrogeneffektivitet.
I 2023 blei det vedteke at ansvaret for å forvalte haustbare viltressursar skal flyttast frå Miljødirektoratet til Landbruksdirektoratet. Begge direktorata starta i 2023 førebuingar og planlegging av overføringa.
Direktoratet har gjennomført fleire utgreiingsoppdrag og delteke aktivt i arbeidet for å styrkje kunnskapsgrunnlaget som basis for vidareutvikling av miljø- og klimatiltak i jordbrukssektoren. Viktige tema som direktoratet har arbeidd med er karbonopptak i jord, betre utnytting av gjødselressursane og utslepp frå husdyrproduksjon. Direktoratet har i 2023 vidareført arbeidet i sekretariatet for Regnskapsgruppa for klimaavtalen mellom regjeringa og jordbruksnæringa.
Nærare omtale av aktiviteten i Landbruksdirektoratet i 2023 finst i årsrapporten. Det er òg utarbeidd separate årsrapportar for Landbrukets utviklingsfond (LUF) og Reindriftens utviklingsfond (RUF).
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 298,2 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Landbruksdirektoratet. Departementet gjer òg framlegg om ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 1142, post 01, og kap. 4142, post 01, jf. forslag til vedtak II.
Regjeringa har vedteke å flytte direktoratsansvaret for haustbare viltressursar frå Miljødirektoratet i Trondheim til Landbruksdirektoratet i Steinkjer. Endringa blir sett i verk frå 1. januar 2025. Løyvinga på posten er auka med 4,4 mill. kroner til denne omstillinga. Posten er i tillegg auka med 7,0 mill. kroner som skal dekkje forvaltning av Viltfondet og fondsmidlane, under dette også tilskottsforvaltninga på viltområdet. Det blir òg gjort framlegg om å auke posten med 800 000 kroner til bestandsovervaking av villsvin og til tiltak som byggjer opp under målet om å utrydde villsvin i Noreg.
Frå 1. januar 2023 blei ansvaret for oppfølging av norsk-finsk reingjerdekonvensjon og vedlikehald av grensegjerda mot Finland og Russland overført frå Statsforvaltaren i Troms og Finnmark til Landbruksdirektoratet. Dette arbeidet har tidlegare vore finansiert på kap. 1142, post 45, men blir no flytta til post 01, og løyvinga blir auka med 800 000 kroner knytt til dette
God nasjonal kunnskap om jordbruksjord er ein føresetnad for å drive matproduksjon på ein måte som både er produksjonseffektiv og berekraftig. Noreg har i dag ikkje eit system for å samle inn data og overvake utviklinga av tilstanden til jordsmonnet og endring i lagring og utslepp av karbon frå jordbruksjord. Regjeringa styrkjer Landbruksdirektoratet med 8,0 mill. kroner i 2025 for å etablere eit system for å samle inn resultat frå jordprøver og førebu ny gjødselbruksforskrift. Dette kjem i tillegg til 2,0 mill. kroner avsett på jordbruksavtalen kap. 1150, post 21. Arbeidet vil òg betre kunnskapen om jordsmonnet, som ledd i å følgje med på karbonlagring i jord.
Nedanfor følgjer ei nærare omtale av sentrale oppgåver på dei enkelte forvaltningsområda i 2025.
Areal, skogbruk, haustbare viltressursar, ressursforvaltning, klima, miljø og økologisk landbruk
Landbruksdirektoratet vil i 2025 halde fram arbeidet med å styrkje og samordne det faglege arbeidet med arealbruken i landbruket. Dette gjeld spesielt oppgåver innanfor beredskap, klimaendringar, klimatilpassing og miljø. Landbruksdirektoratet vil føre vidare arbeidet med å bidra til eit berekraftig skogbruk og ein effektiv infrastruktur i skogen. På området klima- og miljøomsyn i skogbruket vil Landbruksdirektoratet prioritere analysar og utgreiing av tiltak som skal fremje ei god utnytting av skogressursen, varetaking av biologisk mangfald og som styrkjer bidraget frå skogen i klimaarbeidet.
Landbruksdirektoratet vil leggje til rette for ein berekraftig jordbruksproduksjon gjennom målretta tiltak som skal gi minst mogleg utslepp til luft og vatn, og som tek vare på naturmangfald og kulturminneverdiar, er tilpassa klimaendringar og gir god matsikkerheit. Prioriterte innsatsområde er betre utnytting av husdyrgjødsel, dyrkingspraksis for mindre avrenning og betre jordhelse, og tiltak i husdyrproduksjonane.
Landbruksdirektoratet vil støtte statsforvaltaren i regional og lokal oppfølging av vassforskrifta, vassforvaltningsplanane og regionale miljøkrav på vassmiljøområdet.
Landbruksdirektoratet vil halde fram arbeidet med å implementere og vidareutvikle jordhelseprogrammet og styrkje arbeidet med statistikk og analyse av miljøverkemidla.
Landbruksdirektoratet vil føre vidare samarbeidet med Miljødirektoratet på klima- og miljøområdet. Direktoratet vil bidra til at interessene til landbruket blir tekne omsyn til i saker knytte til naturmangfaldlova. Direktoratet deltek i direktoratsgruppa for klimatilpassing, og vil bidra i arbeidet med nasjonal klimasårbarheitsanalyse. Direktoratet skal sørgje for god kopling mellom dette arbeidet og anna arbeid i ei komande arbeidsgruppe for klimatilpassing i landbruket i regi av departementet.
Det er framleis behov for å vere merksam på jordvern på alle nivå for å ta vare på god matjord. Samanhengen mellom klimatilpassing, jordvern og eigedomslovgivinga blir tydlegare etter kvart som omdisponeringa av jordbruksareal går ned, og eit endra klima i større grad trugar matsikkerheita. Landbruksdirektoratet vil arbeide for at målsetjingar i den oppdaterte jordvernstrategien blir nådde og vidareutvikle samarbeidet med Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Forvaltninga av ordninga med tilskott til utarbeiding av kommunale jordvernstrategiar vil bidra til meir merksemd omkring jordvern også i 2025, saman med tilrettelegging for betre varetaking og oppfølging av driveplikta på kommunalt nivå. Arbeid med kulturlandskap og landbruket si verdsarvordning vil òg vere ei viktig oppgåve for landbruksdirektoratet i 2025. Direktoratet vil leggje til rette for at dei nye utvalde kulturlandskapa får på plass gode forvaltningsplanar. Direktoratet vil halde fram med arbeidet knytt til eigedomslovgivinga, og mellom anna leggje til rette for at føresegnene i arvelova § 99 a som gjeld landbrukseigedom som ligg i dødsbu, om å redusere talet landbrukseigedomar i dødsbu kan bli forvalta på ein praktisk og formålstenleg måte i kommunane når dei tek til å gjelde frå 1. januar 2025.
Direktoratet vil òg følgje opp Nasjonal strategi for økologisk jordbruk (2018–2030) og tiltaka i Økologiprogrammet. Den nasjonale strategien er midtvegsevaluert i 2023 og 2024. Landbruksdirektoratet vil følgje opp den reviderte strategien, og har eit særleg ansvar for å oppdatere Økologiprogrammet.
Landbruksdirektoratet vil ta i vare dei landbruksfaglege interessene i rovviltpolitikken, og leggje til rette informasjon om ressursgrunnlaget og utviklinga i beitenæringane (husdyr og rein).
Landbruksdirektoratet vil ha stor merksemd på å forvalte det nye regelverket som blei fastsett 25. mars 2022 for erstatning etter avvikling av hald av pelsdyr. I løpet av 2024 skal det bli utarbeidd så mange endelege tilbod som mogleg, men dette arbeidet vil òg halde fram inn i 2025.
Direktoratet har oppretta ein seksjon for vilt og utmarksressursar som vil ha ansvaret for Viltfondet, Hjorteviltregisteret og tilskottsforvaltning på området haustbare viltressursar. Seksjonen skal forvalte viltlova, følgje opp jegerregisteret, drifte og vidareutvikle jegerprøveutdanninga og bidra til næringsutvikling basert på haustbare viltressursar. Seksjonen vil òg arbeide med forvaltning av rovvilt, naturmangfald og genressursar.
Berekraft og berekraftige matsystem er høgt oppe på den politiske dagsordenen både nasjonalt og internasjonalt. Det er eit stort behov for å synleggjere kva landbruket allereie gjer på dette området. Direktoratet vil i 2025 vidareføre arbeidet med å synleggjere og vidareutvikle det fagspesifikke og tverrfaglege arbeidet med berekraftige matsystem.
Reindrift
Landbruksdirektoratet skal i 2025 halde fram med å styrkje arbeidet med reindrift og arealforvaltning. Landbruksdirektoratet skal vidareutvikle fagmiljøet for reindrift og arealforvaltning, og bruke dette fagmiljøet aktivt i arbeidet med å vareta areala til reindrifta. Direktoratet vil arbeide for å styrkje informasjonen om reindrifta sin arealbruk, og i samarbeid med statsforvaltaren leggje til rette for å rettleie kommunane om varetaking av reindrifta sine areal.
Landbruksdirektoratet skal arbeide for å vareta grunnlaget for ei berekraftig reindrift ved å sikre at reintalet ikkje overstig fastsett øvre reintal. Reindriftsstyret fattar vedtak om reduksjon av reintal ved å nytte føresegnene i reindriftslova. Saman med statsforvaltaren vil direktoratet følgje opp dei siidaandelane som har auka reintalet over det fastsette reintalet. Landbruksdirektoratet vil vurdere behovet for offentleg kontrollerte teljingar på grunnlag av risikovurderingar frå statsforvaltaren.
Vidareutvikling av sjølvstyret i reindrifta står sentralt i arbeidet for å nå dei reindriftspolitiske måla. Direktoratet vil i nær dialog med departementet arbeide aktivt med ulike tiltak for å styrkje sjølvstyret i reindrifta.
For å ha oversikt over utviklinga i reindrifta vil Landbruksdirektoratet hente inn og gjere tilgjengeleg naudsynte grunnlagsdata frå totalregnskapet, ressursrekneskapet og melding om reindrift.
Arealbrukskartet er eit viktig verktøy for å synleggjere arealbruken til reindrifta. Landbruksdirektoratet og NIBIO samarbeider om å vidareutvikle og forbetre den tekniske løysinga for ajourføring av arealbrukskartet i 2025.
Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med opp til 500 000 kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
Landbruksdirektoratet sitt arbeid med målretting, forenkling og kontroll av dei økonomiske verkemidla er naudsynte òg i 2025. Direktoratet vil i 2025 arbeide vidare med å styrkje grunnlaget for ei god forvaltning av produksjonstilskotta i jordbruket, tilskott til avløysing, husdyrkonsesjonsregelverket, pristilskotta, og verkemidla til næringsutvikling og kompetanseutvikling.
Direktoratet forvaltar fleire tilskottsordningar som bidreg til landbruksbasert nærings – og kompetanseutvikling. Direktoratet vil halde fram arbeidet med å vidareutvikle fylkeskommunane si rolle innanfor landbruksbasert næringsutvikling. Ny nasjonal strategi for Inn på tunet vil bli lansert i løpet av 2025.
Direktoratet er sekretariat for to forskingsstyrer; styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og styret for FoU-midlar over jordbruksavtalen. Sekretariatet vil i 2025 føre vidare arbeidet med å leggje til rette for eit effektivt og velfungerande styrearbeid gjennom god saksførebuing og oppfølging av vedtak for å sikre forsking av høg kvalitet til størst mogleg nytte for næringa.
Marknadstiltak, handel og industri
Landbruksdirektoratet vil i 2025 arbeide for ei god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer, der like konkurransevilkår for aktørane står sentralt.
Landbruksdirektoratet vil forvalte importvernet for landbruksvarer i tråd med internasjonale forpliktingar, der avsetnad for norske landbruksvarer er eit prioritert mål.
Landbruksdirektoratet vil føre vidare arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale, mellom anna dei som er til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA), og rapportering i samsvar med internasjonale forpliktingar.
Direktoratet vil halde fram med å følgje med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien), men òg resten av verdikjeda for mat.
Landbruksdirektoratet vil vidare følgje med på dei nasjonale og internasjonale marknadene for landbruksvarer, sørgje for å ha relevant og oppdatert informasjon om forsyningssituasjonen, og analysere og rapportere på utviklinga.
Landbruksdirektoratet vil føre videre arbeidet med å etablere beredskapslagring av matkorn.
Landbruksdirektoratet vil òg halde fram med å følgje med på marknadsituasjonen til reinkjøtt, og sørgje for å ha relevant og oppdatert informasjon som grunnlag til Markedsutvalget for reinkjøtt sitt arbeid.
Digitalisering og organisasjon
Landbruksdirektoratet vil utvikle styringssystema i verksemda og halde fram arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene. Direktoratet satsar målretta på å styrkje kompetansen i verksemda med eit eige kompetanseprogram.
Målet til Landbruksdirektoratet er å vere ein effektiv og brukarretta organisasjon som leverer gode tenester til brukarane, har høg grad av tillit og finn nye løysingar på utfordringane i samarbeid med brukarane og samarbeidspartnarar. Digitalisering er eit sentralt verkemiddel for å nå dette målet. Digitaliseringsplanen skal bidra til prioriteringar av tiltak som gir nytte for brukarane, samarbeidspartnarane og direktoratet. I 2025 vil arbeidet med å digitalisere tenestene halde fram. Direktoratet planlegg mellom anna arbeid med forbetring av fagsystem for produksjonstilskott og utvikling av nytt landbruksregister, digitalisering av konsesjonsprosessen og ny digital løysing for implementering av ny gjødselforskrift. Samstundes skal direktoratet ta over forvalting og drift av Hjorteviltregisteret. Direktoratet si skysatsing og etablering av skydrift vil òg vere ein viktig aktivitet i 2025. Arbeidet med tryggleik og beredskap vil vere eit viktig område òg i 2025.
Frå 1. januar 2025 skal Landbruksdirektoratet innføre periodisert rekneskap etter dei statlege rekneskapsstandardane (SRS). Dette, saman med fleire andre tiltak, er eit viktig skritt for betre og samanliknbar styringsinformasjon.
Post 21 Spesielle driftsutgifter – Beredskapslagring av korn
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å finansiere beredskapslagring av matkorn for å gi auka sikkerheit i forsyninga av matkorn til den norske marknaden. Dette arbeidet er viktig for å stå betre rusta om det skulle oppstå forstyrringar i verdikjedene, til dømes som følgje av store miljøøydeleggingar eller sikkerhetspolitiske kriser.
Regjeringa held fram arbeidet med å byggje opp beredskapslagring av korn, jf. Hurdalsplattforma. Ordninga er innretta slik at staten kjøper lagertenester av driftsoperatørane i marknaden.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 1,1 mill. kroner på posten til førebuing og utgreiing av ordninga.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 70,9 mill. kroner til kjøp av matkorn og lagertenester i 2025. Det blir i 2025 teke sikte på å vidareføre arbeidet med leige av lagertenester og innkjøp av matkorn med eit mål om at det innan 2029 skal vere på plass eit beredskapslager tilsvarande tre månaders forbruk av matkorn. Ein mindre del av løyvinga kan bli brukt til administrative kostnader i samband med ordninga. Ordninga inneber at staten inngår fleirårige kontraktar med private aktørar. I 2025 skal ein etter planen inngå kontraktar for innkjøp av korn i åra 2026–2029 og lagertenester for 25 år fram i tid for det enkelte år. Etter eit oppdatert talgrunnlag blir det gjort framlegg om ei bestillingsfullmakt for gamle og nye forpliktingar på 1,8 mrd. kroner, jf. framlegg til vedtak V.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal mellom anna dekkje utgiftene til oppfølging av Noregs ansvar ved gjennomføringa av internasjonale avtaler, og til vedlikehald av grensegjerde mot Russland, Finland og Sverige. Posten skal vidare dekkje utgiftene til oppfølging av reinbeiteavtalar i Røros-regionen og til vedlikehald av gjerde i Hemsedal og Lærdal. I tillegg skal posten dekkje større utstyrskjøp og vedlikehald knytt til reindriftsforvaltning. Posten skal òg dekkje eventuelle erstatningskrav frå finske og russiske styresmakter i samsvar med gjeldande reingjerdekonvensjon og avtaler.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 10,9 mill. kroner på posten. Utgiftene til kritisk vedlikehald av konvensjonsgjerda mot Russland, Finland og Sverige blei dekte av posten, i tillegg til vedlikehald av gjerda i Røros-regionen, i Hemsedal og Lærdal. Vidare blei det utbetalt erstatning til finske styresmakter for norsk rein som kryssa grensa til Finland, og utgifter til norsk/finsk reingjerdekommisjon. Kommisjonen har hatt to fysiske møte, begge i Finland. Det blei i tillegg gjennomført fire digitale arbeidsmøte i den norske delegasjonen. Utover dette er ein del av kostnadene knytte til digitalisering av reindriftsforvaltninga dekt av posten. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark har fått dekt drift og vedlikehald av feltkøyretøy og feltutstyr, i tillegg til at statsforvaltaren òg har fått bistand frå direktoratet ved feltoppdrag knytt til oppfølging av norsk/finsk reingjerdekonvensjon og grensegjerde mellom Norge og Russland.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 12,8 mill. kroner.
Løyvinga i 2025 skal nyttast til vedlikehald av gjerde mot Russland, Finland og Sverige. Det er eit stort behov for vedlikehald særleg av gjerde mot Russland og Finland, og dette skal prioriterast i 2025.
Posten skal òg dekkje andre kostnader ved vedlikehald av gjerde, under dette gjerde i Røros-regionen og i Hemsedal og Lærdal, i tillegg til eventuelle erstatningskrav frå finske og russiske styresmakter for norsk rein på ulovleg beite.
Post 50 Arealressurskart
Formål med løyvinga
På posten blir det gitt støtte til vedlikehald av eit arealressurskart (AR5) som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 7,6 mill. kroner på posten.
Løyvinga er brukt til arbeidet med oppdatering og vedlikehald av arealressurskarta (AR5) hos NIBIO. Karta blir viste mellom anna i løysinga Gårdskart på nett, og er sentrale ved kontroll i samband med tilskottsordningar.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 8,3 mill. kroner.
Post 60 Tilskott til veterinærdekning
Formål med løyvinga
Løyvinga skal bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell.
Tilskott til veterinærdekning blir gitt som eit øyremerkt tilskott. Den største delen av løyvinga går til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid.
Posten blir òg nytta til stimuleringstiltak for å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. I tillegg blir eit mindre beløp nytta til veterinærtenester på Svalbard.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 188,1 mill. kroner.
Midlane til klinisk veterinærvakt er fordelte til kommunane. Eit mindre beløp har vore nytta til veterinærtenester på Svalbard. Tilskott til stimuleringstiltak har i hovudsak gått til driftsstøtte til veterinærar, og til etableringsstøtte og etablering og drift av kommunale stillingar for veterinærar.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 201,8 mill. kroner.
Den største delen av løyvinga på posten er tilskott til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. I framlegget til løyving er det òg sett av midlar til kostnader med å administrere veterinærvakt for kommunane. Tilskotta blir fordelte til kommunane ut frå ei fastsett vaktinndeling. Landbruksdirektoratet deler midlane ut til kommunane.
Framlegget til løyving omfattar òg stimuleringstiltak som kommunane kan bruke til å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioriterte til kommunar som har problem med å få stabil tilgang på veterinærtenester, og som legg planar for gode lokale løysingar. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane vil oppfylle kriteria for å kunne søkje om midlar frå denne delen av løyvinga. Eit mindre beløp kan tilsvarande brukast på Svalbard.
Tilstrekkeleg tilgang på veterinærtenester er viktig av omsyn til dyrehelse, dyrevelferd og mattryggleik, og for å kunne ha eit aktivt landbruk i heile landet.
Departementet føreslår at det blir sett av inntil 5,0 mill. kroner av stimuleringsmidlane i 2025 for å følgje opp tiltak som kan gi betre tilgang til veterinærtenester i distrikta, jf. råda i rapporten om tilgangen på veterinærtjenester. Midlane blir utbetalt til Den norske veterinærforening, som har påtatt seg koordinerings- og gjennomføringsansvar for et prosjekt som skal sørgje for betre rekruttering av veterinærar.
Post 70 Tilskott til fjellstuer
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å drifte dei tre statseigde fjellstuene Joatka, Mollisjok og Ravnastua. Fjellstuene bidreg til å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng, mellom anna for reingjetarar, og har plikt til å halde ope heile året. Landbruksdirektoratet inngår kontrakt med dei som driv fjellstuene.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 832 000 kroner.
I 2023 blei det gitt tilskott til alle dei tre fjellstuene. I tillegg til det faste driftstilskottet blei det òg gitt eit variabelt tilskott til innkjøp av naudsynt utstyr.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 885 000 kroner.
Post 71 Tiltak for berekraftig reindrift, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å finansiere ulike tilpassingar og tiltak for å leggje til rette for ei berekraftig reindrift. Reinteljing og oppfølging av godkjende bruksreglar er sentrale tiltak, i tillegg til kontrolltiltak retta mot grensekryssande reinbeite mellom Noreg og Sverige.
Betre kunnskap om produksjon og tap er avgjerande både for å dempe konfliktar og for ei berekraftig forvaltning av reindriftsnæringa. Kostnader ved slik kunnskapsutvikling blir dekt av posten. Utover dette er formålet med løyvinga å dekkje ei rekkje tiltak for å følgje opp både reindriftslova og grensereinbeitelova, overvakingsprogrammet for Finnmarksvidda, enkelte utviklings- og utgreiingskostnader og arealbrukskart for reindrifta.
Løyvinga skal òg dekkje kostnader ved tiltak i reindriftsnæringa ved radioaktivt nedfall.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 3,4 mill. kroner på posten. I 2023 har Landbruksdirektoratet gjennomført overvaking og kartlegging av reinbeite ved hjelp av satelittbilete. Vidare er det gjennomført innspelsmøte med distrikta i alle reinbeiteområde når det gjeld rettleiar for utarbeiding av bruksreglar, og ein del av kostnadene knytte til digitalisering av reindriftsforvaltninga er dekte av posten. Utover dette er ulike kontrolltiltak knytte til grenseoverskridande reindrift mellom Norge og Sverige og tiltak for berekraftig reindrift i Finnmark, dekte av posten.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 5,9 mill. kroner.
Løyvinga på posten skal nyttast til kontroll og oppfølging av fastsett reintal og godkjende bruksreglar. Løyvinga skal òg nyttast til kontroll av grensekryssande reinbeite og handheving av beitetider og bruk av beiteområde.
Det krev ekstra innsats å følgje opp distrikt der talet på rein ikkje er i samsvar med beiteressursane, og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir nådd. Oppfølginga inneber mellom anna at det skal leggjast til rette for fellestiltak for betre infrastruktur, og at det framleis skal stimulerast aktivt til auka slakting og omsetnad av reinkjøtt. Kva for tiltak som blir sette i verk og finansierte av posten, vil vere avhengig av mellom anna situasjonen i det enkelte distriktet og den gjeldande marknadssituasjonen.
Oppfølging av fastsett reintal og godkjende bruksreglar, saman med kontrolltiltak retta mot grensekryssande reinbeite mellom Noreg og Sverige, er prioriterte oppgåver i 2025.
Det skal etablerast eit nasjonalt kontaktforum for reindrift, som ein del av tiltakspakka for reindrift og energi. Utgifter til møte i kontaktforumet skal dekkjast av posten, og løyvinga på posten blir auka med 500 000 kroner til dette.
Posten skal òg dekkje tiltak ved radioaktivt nedfall.
Post 72 Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2. september 1999, og beiteleige ut frå inngåtte reinbeiteavtalar med grunneigarane i Trollheimen.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 565 000 kroner på posten.
Det blei utbetalt erstatning til 45 grunneigarar i Trollheimen. Beiteleige til Trollheimen/Igelfjellet reinbeiteforening for driftsåret 2022/2023 er òg dekt av denne posten.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 630 000 kroner for å dekkje inngåtte avtaler.
Post 73 Tilskott til erstatningar m.m. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Formålet med ordninga er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002–2003) Om lov om matproduksjon og mattrygghet mv. (matlova). Løyvinga skal òg dekkje tap i samband med tiltak som blir sett i verk som følgje av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinehaldet, tiltak for å redusere innhaldet av radioaktivitet i storfe og småfe og enkelte andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31. Landbruksdirektoratet kan, etter søknad og i spesielt krevjande saker, på denne posten dekkje heile eller delar av statsforvaltaren sine kostnader ved kjøp av spesialistvurderingar som trengst for å handsame erstatningssakene.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 58,8 mill. kroner på posten.
Det blei utbetalt 5,2 mill. kroner i erstatning etter offentleg pålegg i planteproduksjon i 2023.
I 2023 blei det utbetalt om lag 33,4 mill. kroner i samband med erstatning etter pålagde tiltak i husdyrbesetningar. Store delar av utbetalingane gjekk til dekning av kostnader ved sanering for Storfetuberkulose, Salmonella og Lukket yngelråte.
Forureininga etter atomulykka i Tsjernobyl skaper framleis problem for beitebruken enkelte stader på indre Austlandet og i Midt-Noreg. For å redusere opptaket beitedyra har av radioaktivt cesium frå utmarksbeite, blir det brukt giesesalt (Berlinerblått) som fôrtilsetning eller i form av saltslikkestein tilsett giesesalt på slutten av beitesesongen.
I 2023 blei det kjøpt inn ny lagerbehaldning av saltslikkestein tilsett giesesalt, og giesesalt i rein form. Innkjøpet hadde ein totalkostnad på 16,2 mill. kroner. Det er òg ein pågåande prosess med EU-godkjenning av fôrtilsetningsstoffet giesesalt. Direktoratet har inngått ein rammeavtale for bistand med å gjennomføre godkjenningsprosessen.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 55,6 mill. kroner.
Situasjonen i Ukraina fører til auka behov for innkjøp av giesesalt til beredskapslager. Det går føre seg ein regodkjenningsprosess av tilsetningsstoffet giesesalt i EU. Vidare bruk av dette tilsetningsstoffet føreset at stoffet blir regodkjent som tilsetningsstoff. Godkjenningsprosessen kan utløyse ytterlegare kostnader i 2025.
Post 74 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagt beitenekt
Formål med løyvinga
Løyvinga på posten blir brukt til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe med heimel i dyrevelferdslova.
Rapportering 2023
Det blei nytta 126 000 kroner på posten i 2023.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,0 mill. kroner.
Post 75 Stønad til jordbruks- og veksthusnæringa for ekstraordinære straumutgifter, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Primærprodusentar i jordbruket, veksthus og vatningslag fekk frå desember 2021 ei mellombels ordning med straumstønad. Formålet med straumstønadsordninga for jordbruks- og veksthusnæringa, som følgje av ekstraordinære straumutgifter, er å bidra til at norsk matproduksjon og norsk produksjon i veksthus kan oppretthaldast trass i dei ekstraordinære utgiftene til straum. Ordninga blei etablert i 2022 med verknad frå desember 2021, og har blitt forlenga ut 2025. Ein mindre del av løyvinga kan bli brukt til administrative kostnader i samband med ordninga.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 468,1 mill. kroner på posten, inkludert kostnader til administrasjon og utvikling av eit system for forvaltning av ordninga. Ordninga er forvalta av Landbruksdirektoratet.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 59,5 mill. kroner. Straumstønadsordninga for jordbruket gjeld for primærprodusentar, og har ei grense for maksimalt forbruk på 60 000 kWt per føretak per månad. Straumstønadsordninga for veksthus og vatningslag har inga avgrensing på forbruk.
Straumstønadsordninga blei innført som ei mellombels ordning frå desember 2021. Ordninga er vidareførd med dagens berekningsmetode med gjennomsnittleg månadleg straumpris.
Post 77 Tilskott til kompensasjon ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å gi kompensasjon etter avvikling av pelsdyrhald. Stortinget vedtok i 2019 eit forbod mot hald av pelsdyr etter 1. februar 2025. Den opphavelege kompensasjonsordninga er endra som følgje av lovvedtak i juni 2021. Dei nye reglane tredde i kraft i mars 2022. Oppdrettarane har no rett på erstatning utmålt anten etter utmålingsreglane i ekspropriasjonserstatningslova så langt dei passar, eller ut frå nedskriven gjenkjøpsverdi. I tillegg blir kostnader til riving og opprydding av pelsdyranlegg ført på posten. Det er ei ordning med kompensasjon for forventa lågare framtidig alderspensjon som følgje av forbodet mot pelsdyrhald og kompensasjon til pelserier og fôrkjøkken.
Ein mindre del av løyvinga kan bli brukt til administrative kostnader i samband med ordninga. Dette omfattar òg kostnader til taksering av pelsdyranlegg og eventuelle kostnader til skjønnsprosessar.
Kompensasjonen er ei regelstyrt ordning, og det vil bli gjort framlegg om auka løyving dersom utbetalingane blir større enn tilgjengelege midlar på posten. Den enkelte vil få utmålt og utbetalt kompensasjon etter eit fastsett regelverk.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 764,8 mill. kroner på posten.
Det blei utbetalt om lag 694,8 mill. kroner i erstatning etter lov om forbod mot hald av pelsdyr. Vidare blei det utbetalt om lag 48,0 mill. kroner som kompensasjon for riving og opprydding av pelsdyrhus, og 1,2 mill. kroner i kompensasjon for lågare årleg alderspensjon. Det blei òg nytta 9,6 mill. kroner til taksering av pelsdyranlegg.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 150,0 mill. kroner. Det er usikkert korleis utbetalingar på posten vil fordele seg mellom år. Det blir difor gjort framlegg om ei tilsegnsfullmakt på 92,7 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak IV.
Post 78 Tilskott til omstilling ved avvikling av pelsdyrhald, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å lette omstillinga for pelsdyroppdrettarar i samband med forbod mot hald av pelsdyr, jf. Prop. 99 L (2018–2019) Lov om forbud mot hold av pelsdyr. Dette omfattar i hovudsak ei ordning med tilskott til omstilling som blir forvalta av Innovasjon Norge. Løyvinga blir òg nytta til tilskott til arbeidsretta kompetanseheving for pelsdyroppdrettarar, forvalta av Landbruksdirektoratet.
Ein mindre del av løyvinga kan bli brukt til administrative kostnader i samband med ordningane.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 18,9 mill. kroner på posten.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer ikkje framlegg om ei løyving på posten i 2025. Det er gitt tilsegn om alle midlar som tidlegare er løyvd på posten, men utbetaling skjer i takt med gjennomføring av tiltaka.
Post 79 Tilskott til reindrifta for del av verdiskaping frå vindkraft
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å overføre ein del av verdiskapinga frå vindkraftproduksjon til reindrifta som blir påverka av denne. Tilskottet skal gis til reinbeitedistrikt eller siidaer der eit vindkraftprosjekt, aleine eller sett i samanheng med andre tiltak, kan ha vesentlege negative konsekvensar for reindrift.
Budsjettframlegg 2025
Det blir gjort framlegg om ei løyving på 6,0 mill. kroner for 2025. Eit av tiltaka i regjeringa si tiltakspakke for reindrift og energi som blei lagt fram 20. desember 2023, er at ein del av verdiskapinga frå vindkraft skal komme reindrifta til gode. I meklinga mellom Nord-Fosen sijte og vindkraftselskapet Roan DA, blei det varsla at regjeringa vil føreslå at ein del av verdiskapinga tilsvarande 0,1 øre/kWh skal gå direkte til reindrifta, der vindkraftprosjekt har negative konsekvensar av betydning for reindriftsverksemd i eit område. Stortinget fatta 21. juni 2024 vedtak om å etablere ei ny ordning for tilskott til reindrifta for del av verdiskaping frå vindkraft, jf. Prop. 104 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024). Ordninga omfattar vindkraftproduksjon frå anlegg som er konsesjonspliktige etter energilova. Løyvinga for 2025 er berekna på grunnlag av vindkraftproduksjonen i 2023. Tilskottet skal gis på grunnlag av ei konkret vurdering av for kva siida/reinbeitedistrikt vindkraftverket, åleine eller sett i samanheng med andre tiltak, kan få negative konsekvensar av betydning. Landbruksdirektoratet skal forvalte ordninga. Midlane skal overførast til distriktsfond eller siidafond, og skal disponerast etter vedtektene for dei respektive fonda.
Post 80 Beredskapslager matmjøl
Formål med løyvinga
For å bidra til forsyningssikkerheit av matvarer for befolkninga i Troms og Finnmark skal det etablerast lager av matmjøl. Landbruksdirektoratet skal greie ut detaljane i, og forvalte ordninga. Det må vurderast om det bør etablerast eitt eller fleire lager ut frå omsyn til mellom anna best mogleg forsyningssikkerheit og driftskostnader. Landbruksdirektoratet sine kostnader til forvaltning av blir òg dekte av løyvinga.
Budsjettframlegg 2025
Posten er ny og departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,0 mill. kroner til etablering av lager av matmjøl i Troms og Finnmark.
Post 81 Tilskott til næringsmiddelbedrifter i Troms og Finnmark
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til næringsmiddelbedrifter i Troms og Finnmark som nyttar landbasert råstoff i produksjon. Ordninga er eit tiltak for å styrkje forsyningssikkerheita av matvarer for befolkninga i desse fylka. Det er viktig at jordbruket og reindrifta i Troms og Finnmark har næringsmiddelbedrifter som kan ta i mot råvarer frå primærproduksjonen.
Tilskottet skal forvaltast av Innovasjon Norge og utbetalast med grunnlag i søknader knytt til innovasjon og utvikling av bedriftene. Dette kan omfatte ulike tiltak som mellom anna kompetansebyggjing, produktutvikling og marknadsbygging. Sakshandsaminga og regelverket vil i stor grad vere det same som det Innovasjon Norge har etablert for tilsvarande ordningar. Innovasjon Norge sine kostnader til forvaltning av ordninga blir òg dekte av løyvinga.
Tilskottet kan gis for varer som fell utanfor verkeområdet til EØS-avtalen, jf. art 8(3). Tilskottet kan difor ikkje gis for produksjon av RÅK-varer, men kan omfatte produksjon basert på importerte landbaserte råvarer.
Budsjettframlegg 2025
Posten er ny, og departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,0 mill. kroner til tilskott til næringsmiddelbedrifter.
Kap. 4142 Landbruksdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
01 | Driftsinntekter, refusjonar m.m. | 51 163 | 50 463 | 52 381 |
Sum kap. 4142 | 51 163 | 50 463 | 52 381 |
Post 01 Driftsinntekter, refusjonar m.m.
Inntektene i 2023 blei 51,2 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 52,4 mill. kroner for 2025.
Posten gjeld driftsinntekter som Landbruksdirektoratet har i samband med mellom anna sekretariatet for Omsetningsrådet, styret for Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, og styret for Utviklingsfondet for skogbruket, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk.
Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
71 | Naturskade – erstatningar, overslagsløyving | 38 384 | 140 400 | 136 300 |
Sum kap. 1148 | 38 384 | 140 400 | 136 300 |
Post 71 Naturskade – erstatningar, overslagsløyving
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje erstatningar for naturskade. Statens naturskadeordning gir erstatning for dei naturskadane det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning, og løyvinga skal brukast til å dekkje desse utgiftene. Søknader om erstatning for naturskadar etter naturskadeerstatningslova blir handsama etter ein forvaltningsmodell, der Landbruksdirektoratet avgjer sakene i førsteinstans, mens klagene blir avgjorde av Klagenemnda for naturskadesaker som klageinstans.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 38,4 mill. kroner på posten.
I 2023 blei det handsama 518 saker. Det blei gitt tilsegner om erstatning for om lag 51,8 mill. kroner. Utbetalingane i 2023 var på om lag 35,4 mill. kroner og gjeld erstatningssaker for 2023 og tidlegare år. Tilsegner om erstatning blir gitt med ein utbetringsfrist på tre år.
Ansvaret som utgjer gitte, men ikkje innfridde tilsegner om erstatning, var 31. desember 2023 på om lag 54,5 mill. kroner.
I starten av august 2023 blei Sør-Noreg ramma av ekstremvêret «Hans». Det kom inn om lag 2 000 søknader om erstatning til naturskadeordninga etter denne hendinga, med ein samla søknadssum på 700 mill. kroner. I tillegg kom det inn 465 søknader om naturskadeerstatning som ikkje var knytt til «Hans».
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 136,3 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 159,1 mill. kroner, jf. tabell 5.8 og framlegg til vedtak IV.
Tabell 5.8 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2025 (i mill. kroner)
Ansvar 1.1.2024 | 54,5 | |
+ | Venta tilsegner i 2024 | 183,0 |
= | Sum | 237,5 |
- | Venta erstatningsutbetalingar i 2024 | 100,5 |
= | Venta ansvar 31.12.2024 | 137,0 |
+ | Takseringskostnader, IKT-vedlikehald o.a. | 7,4 |
+ | Venta nye tilsegner i 2025 | 151,0 |
= | Sum | 295,4 |
Forslag til løyving i 2025 | 136,3 | |
Forslag til tilsegnsfullmakt i 2025 | 159,1 |
Klimaframskrivingar viser at vi i Noreg må rekne med meir ekstremvêr. Med ei slik utvikling kan det bli fleire og meir omfattande naturskadar i åra framover.
Dei som blir råka av naturskade har på visse vilkår rett til erstatning frå statens naturskadeordning etter naturskadeerstatningslova. Det knyter seg uvisse til budsjetteringa for ordninga. Dette kjem av at omfanget av naturulukker varierer frå år til år, og at erstatninga blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, noko som òg verkar inn på den årlege utbetalinga. Ved budsjetteringa av løyvinga blir difor normalt eit gjennomsnittleg år for naturskadar lagt til grunn, og det er i tillegg knytt ei tilsegnsfullmakt til posten.
Landbruksdirektoratet skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar blir handsama raskt og forsvarleg. Direktoratet skal dessutan raskt kunne setje inn målretta og utvida innsats når det skjer store naturulukker.
Direktoratet forventar ved inngangen til 2025 eit etterslep på handsaming av søknader om erstatning etter «Hans». I tillegg kjem søknadar som ikkje er knytte til «Hans». Direktoratet arbeider målretta for å få auka kapasitet i sakshandsaminga. Det kan bli aktuelt å justere både løyving og tilsegnsfullmakt i revidert budsjett for 2025 på det tidspunktet direktoratet får gjort opp status i sakshandsaminga.
Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av mellom anna styringsdialog, rapportar og informasjon om økonomi.
Løyvinga skal dekkje innfriing av delar av dei tilsegna som blir gitt i 2025, og tilsegner frå tidlegare år som kjem til utbetaling i 2025. Vidare skal løyvinga dekkje kostnader ved taksering av skadar, informasjonstiltak og andre tiltak som bidreg til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulukker, eller aukar verknaden av ressursane som blir nytta på naturskadeområdet. Løyvinga skal òg dekkje utgifter som trengst til ekstrahjelp, kompetansetiltak og vedlikehald og vidareutvikling av IKT-systemet for ordninga. I tillegg skal administrative kostnader ved Klagenemnda for naturskadesaker dekkjast på posten.
Post 72 Tilskott til opprydding av avfall etter flaumhendingane i Sør-Noreg hausten 2023, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med ordninga er å dekkje utgifter til opprydding av eigarlaust avfall som ligg på privat grunn som følgje av flaumhendingane i Sør-Noreg i august 2023. Tilskottsordninga skal òg bidra til å redusere negative miljøkonsekvensar av forsøpling.
Rapportering 2023
Det blei løyvd 10 mill. kroner til ordninga i 2023, men det blei ikkje utbetalt midlar på posten dette året. Fristen for å søkje tilskott var 1. april 2024.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer ikkje framlegg om løyving på posten for 2025.
Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
51 | Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket | 5 049 | 3 571 | 3 666 |
71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast | 64 498 | 54 223 | 53 603 |
73 | Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast | 54 331 | 55 852 | 55 775 |
Sum kap. 1149 | 123 878 | 113 646 | 113 044 |
Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket. Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl.res. datert 25. februar 1977, med endringar sist av 4. desember 2014. Fondet har til oppgåve å støtte opp om forsking, utvikling, informasjon og opplæring innanfor skogbruket. I styret for fondet er offentleg forvaltning og private organisasjonar innanfor skogsektoren representerte. Landbruksdirektoratet er sekretariat for fondet.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 5,0 mill. kroner på posten. I alt fekk 13 nye prosjekt tilskott.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,7 mill. kroner. Midlane frå fondet vil først og fremst gå til brukarretta FoU-verksemd med klare problemstillingar og mål. Fondet skal bidra til prosjekt som utviklar og styrkjer skogbruket som ei rasjonell, økonomisk og berekraftig næring.
Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til vidareutvikling av ein betre transportinfrastruktur for skogbruket i tillegg til andre verdiskapingstiltak i skogbruket. Infrastrukturtiltak i skogbruket bidreg til reduserte transportkostnader som grunnlag for eit lønsamt skogbruk i tillegg til auka konkurransekraft og verdiskaping i skogsektoren.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 64,5 mill. kroner på posten. Av dette blei det utbetalt 39,3 mill. kroner til tømmerkaier og 25,2 mill. kroner til skogsvegar. Det blei òg gitt tilsegn på 24,3 mill. kroner til tømmerkaier.
Det blei bygd om lag 108 km nye skogsbilvegar og ombygd om lag 187 km eldre skogsbilvegar. Dette er på nivå med året før. Aktiviteten må sjåast i samanheng med løyvingane til det same formålet på kap. 1150, post 50. Ansvaret på posten 31. desember 2023 var på 104,0 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 53,6 mill. kroner.
Denne løyvinga skal saman med løyvinga på kap. 1150, post 50, bidra til å følgje opp regjeringa sitt vegkart for grønt industriløft, der skog- og trenæringa og annan bioøkonomi er eitt av satsingsområda.
Tilskott frå posten vil bli gitt til verdiskapingstiltak med vekt på tiltak som bidreg til å redusere transportkostnadene i skogbruket. Behovet for investeringar i betre infrastruktur er stort over heile landet, men kyst- og innlandsfylka har ulike utfordringar. I mange av kystfylka står mykje av den skogen som i dag er hogstmoden, eller som snart blir det, langt frå veg eller i vanskeleg tilgjengeleg terreng. I innlandsfylka er ein stor del av skogsvegnettet gammalt og treng opprusting for å oppfylle transportbehova og dei krava som moderne transportutstyr stiller.
Tilskott til investeringar i betre skogsvegar er målretta og prioriterte tiltak for meir kostnadseffektiv tømmertransport. Desse investeringane vil òg bidra til betre klimatilpassing av vegnettet i skogbruket, mellom anna gjennom tiltak som minskar faren for erosjon og lausmasseskred ved kraftig nedbør.
Tilgang til kai og sjøtransport opnar for kostnadseffektive leveransar av tømmer, flis og andre treprodukt til foredlingsindustrien i Noreg og til marknader nasjonalt og internasjonalt. Midlar frå denne posten blir nytta til bygging og ombygging av kaier og kaiterminalar som bidreg til rasjonell transport og logistikk knytt til tømmer. Landbruksdirektoratet forvaltar ordninga med tilskott til tømmerkaier for departementet. Dei mest sentrale tømmerkaiene langs kysten er no bygd eller under bygging, men det kan òg i 2025 vere aktuelt å nytte midlar frå posten til enkelte kaiprosjekt.
Som for 2024 vil departementet bruke ein kombinasjon av løyving og tilsegnsfullmakt som verkemiddel for ei effektiv planlegging og gjennomføring av større infrastrukturtiltak i skogbruket, der investeringane skjer over fleire år.
Sidan tilskotta ikkje alltid kjem til utbetaling same året som det blir gitt tilsegn, gjer departementet framlegg om ei tilsegnsfullmakt for 2025 på 59,1 mill. kroner for å kunne dekkje ansvar frå tidlegare år, jf. tabell 5.9 og framlegg til vedtak IV. Beløpet er basert på ein prognose frå Landbruksdirektoratet, som det er knytt noko usikkerheit til på grunn av framdrift og gjennomføring av fleire av kaiprosjekta.
Tabell 5.9 Tilsegnsfullmakt infrastrukturtiltak i 2025 (i mill. kroner)
Ansvar 1.1.2024 | 104,0 | |
+ | Venta tilsegner i 2024 | 22,9 |
= | Sum | 126,9 |
- | Venta utbetalingar i 2024 | 44,2 |
= | Venta ansvar 31.12.2024 | 82,7 |
+ | Venta nye tilsegner i 2025 | 30,0 |
= | Sum | 112,7 |
Forslag til løyving i 2025 | 53,6 | |
Forslag til tilsegnsfullmakt i 2025 | 59,1 |
Post 73 Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje tilskott til skog-, klima- og energitiltak. Skogen tek opp CO2 og karbon blir lagra i biomassen og i skogsjorda. Regjeringa vil halde fram med å leggje til rette for tiltak som kan ta vare på eller styrkje karbonlageret i skogen. Dette vil i sin tur auke ressursgrunnlaget slik at fornybart skogråstoff i større grad kan erstatte fossile utslepp i andre sektorar.
Løyvinga dekkjer òg tilskott til stiftinga Det norske Skogfrøverk, som har som oppgåve å sikre forsyninga av skogfrø i Noreg. Tilskottet frå departementet er basert på ein avtale med stiftinga om forvaltningsoppgåver frå 1995.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 54,3 mill. kroner på posten.
38,3 mill. kroner gjekk til klimatiltak i skog. Av dette blei 27,9 mill. kroner nytta til tettare planting etter hogst. Vidare blei det nytta 5,8 mill. kroner til gjødsling av skog og 4,5 mill. kroner til ungskogpleie. I tillegg blei det nytta eit mindre beløp til det no avslutta pilotprosjektet Planting av skog på nye areal som klimatiltak.
Det blei òg løyvd 9,0 mill. kroner til stiftinga Det norske Skogfrøverk til forvaltningsoppgåver. Oppgåvene omfattar kontroll etter forskrift om skogfrø og skogplanter, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytte til anlegg for frøproduksjon. Til klimatiltaket skogplanteforedling blei det løyvd 6,0 mill. kroner.
Det blei òg løyvd 650 000 kroner til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) til prosjektet PlanteValg. Prosjektet skal gi skogeigaren og rettleiingsapparatet eit betre grunnlag for å velje best mogleg plantemateriale ved forynging av skog.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 55,8 mill. kroner.
Av dette vil 38,1 mill. kroner bli nytta til klimatiltak som tilskott til tettare skogplanting, gjødsling av skog, ungskogpleie og skogplanteforedling. Klimatiltaka vil auke opptaket av CO2 i skogen. Tiltaka vil samstundes styrkje ressursgrunnlaget, og dermed grunnlaget for verdiskaping i skog- og trenæringa i eit langsiktig perspektiv. Klimatiltaka blir rekna som kostnadseffektive og er blant dei billigaste klimatiltaka som kan gjennomførast nasjonalt. Ved full implementering har tiltaka eit langsiktig potensial til å auke opptaket av CO2 i skog med 4–5 mill. tonn CO2 årleg fram mot 2100, jf. Meld. St. 13 (2020–2021) Klimaplan for 2021–2030. Tilskottsordningane er baserte på skog- og miljøfaglege kriterium utarbeidde av Landbruksdirektoratet og Miljødirektoratet.
Departementet legg opp til ei løyving til stiftinga Det norske Skogfrøverk på 17,0 mill. kroner, til forvaltningsoppgåver og arbeid med langsiktig skogplanteforedling og -utvikling. Løyvinga er styrkt for å følgje opp Skogfrøverket sin strategi for skogplanteforedling og frøforsyning, som skal møte dei aukande klimautfordringane og behovet for å introdusere nye treslag i frøforsyninga.
Departementet legg vidare opp til ei løyving til prosjektet PlanteValg ved NIBIO på 650 000 kroner. Prosjektet skal gi skogeigaren og rettleiingsapparatet eit betre grunnlag for å velje best mogleg plantemateriale ved forynging av skog.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 16 624 | 10 200 | 29 500 |
50 | Tilskott til Landbrukets utviklingsfond | 2 227 253 | 2 331 553 | 2 548 553 |
70 | Marknadstiltak, kan overførast | 246 274 | 341 140 | 410 500 |
71 | Tilskott ved produksjonssvikt, overslagsløyving | 469 573 | 102 400 | 104 400 |
73 | Pristilskott, overslagsløyving | 5 065 125 | 5 529 918 | 5 792 194 |
74 | Direkte tilskott, kan overførast | 14 177 552 | 16 139 630 | 17 566 323 |
77 | Utviklingstiltak, kan overførast | 322 360 | 346 470 | 397 391 |
78 | Velferdsordningar, kan overførast | 1 650 224 | 1 914 969 | 1 965 007 |
Sum kap. 1150 | 24 174 985 | 26 716 280 | 28 813 868 |
Marknadsregulering og pristilskott
Tilskott til produsert volum, til marknadstiltak og til frakt blir dekte av fleire ordningar under kap. 1150, post 70 og 73, og i nokon grad under post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt med meir. Grunnlaget for tilskotta som blir utbetalte til produsentane via eit omsetnadsledd, vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetnadsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og verkemiddel som verkar saman mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.
Tilskott som blir utbetalt via eit omsetnadsledd, skil seg òg frå normalprosedyren ved at tilskottsmottakarane normalt ikkje søkjer om tilskottet. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetnadsleddet. Omsetnadsledda gjer ikkje eigne vurderingar ved forvaltninga av tilskotta. Dei blir difor ikkje rekna som tilskottsforvaltarar, men som medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til, eller kravd rapport frå tilskottsmottakarane (produsentane). Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Naudsynt kontroll blir sikra gjennom kontroll hos omsetnadsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane, og som formidlar tilskottet til den enkelte produsenten. Vanlegvis blir det ikkje utført kontroll hos produsentane, men Landbruksdirektoratet har moglegheit til å kontrollere at rett sone er lagt til grunn for berekninga av tilskottet. Samla sett bidreg dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.
Direkte tilskott og tilskott til velferdsordningar m.m.
Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150, post 74 og 78. Også under post 77 er det slike ordningar. Dei direkte tilskotta er baserte på objektive kriterium slik som talet på dyr, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i forhold til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Velferdsordningane er i hovudsak tiltak for å refundere kostnader til avløysing for sjukdom og moglegheit for ferie/fritid i verksemder som krev arbeid alle dagar i året. Ein står her overfor den same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for tilskott til marknadsregulering, pris og frakt. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar vil resultatrapporteringa òg i hovudsak skje samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Her kan det ikkje stillast vilkår om kva midlane skal nyttast til, eller krevjast rapportering om bruken av midlane.
Kollektive overføringar
På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet og/eller Landbruksdirektoratet direkte til ein sams mottakar, framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent, som så betaler inn til same sluttmottakar. Godtgjersla i sjukepengeordninga for bønder er finansiert gjennom ei kollektiv overføring frå jordbruksavtalen til Folketrygdfondet. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetnadsavgift for frukt og grønt på post 70. Oppfølginga av desse ordningane vil vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein regelmessig vurdere om ordningane verkar som tiltenkt, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.
Forvaltning
Hovuddelen av forvaltninga av tilskotta under jordbruksavtalen er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane på kap. 1142, kap. 1520 til statsforvaltaren i budsjettet til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, kap. 571 rammetilskottet til kommunane og kap. 572 rammetilskottet til fylkeskommunane frå Kommunal- og distriktsdepartementet. Løyvinga på kap. 1150, post 21, skal dekkje kostnader i samband med utgreiingar i arbeidsgrupper, evalueringar og utvikling av nye IKT- og fagsystem i Landbruksdirektoratet for forvaltning av tilskott på kap. 1150. For å kunne ha fleksibilitet kan det òg i nokre høve vere aktuelt å dekkje utviklings- og utgreiingskostnader over tilskottsordningane.
På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Norge. Kommunane er førstelinestyresmakt for dei fleste økonomiske verkemidla på landbruks- og matområdet, og omsetnadsledda har som omtalt ei medhjelparrolle i utbetalinga av tilskott til produsentane. I tilfelle der ikkje-statlege aktørar er tilskottsforvaltarar har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På nokre område er det fastsett at eit styre, utval eller råd skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene.
Departementet og tilskottsforvaltninga arbeider kontinuerleg med å ha så gode kontrollsystem som mogleg. Det er etablert prosessar for å styrkje statsforvaltaren sin kontrollfunksjon på landbruksområdet, mellom anna krav om at embeta årleg skal utarbeide ein risikobasert kontrollplan og gjennomføre føretakskontroll og forvaltningskontroll av kommunar. Statsforvaltaren og Landbruksdirektoratet følgjer elles opp kommunane gjennom rettleiing og rådgiving, kommunebesøk, og særskilde samlingar og kompetansetiltak. Samla sett har det målretta arbeidet med kontroll og oppfølging av kontroll dei siste åra gitt resultat. Det er likevel framleis behov for vidareutvikling av kontrollsystema i landbruket. Det gjeld særleg å bidra til at kommunane har tilstrekkeleg kompetanse og ressursar, og at statsforvaltaren og kommunane har ei meir systematisk oppfølging av avvik. Departementet vil følgje opp området vidare framover i tråd med det Riksrevisjonen har peika på i fleire samanhengar.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 24 175 mill. kroner på kapittelet. Måla for landbrukspolitikken er omtalte i del I og III av proposisjonen. Hovudmålet er å sikre forbrukarane trygg mat, og å produsere den maten som forbrukarane etterspør. Ved sida av å produsere varer og tenester i marknaden, er norsk matsektor òg leverandør av ei rekkje fellesgode som ikkje kan omsetjast i marknaden, som mellom anna kulturlandskap og landbruksproduksjon i heile landet. Verkemidla bidreg til at måla for landbrukspolitikken blir nådde gjennom produksjon av varer og tenester for ein marknad, i kombinasjon med produksjon av slike fellesgode. Mange av tilskottsordningane verkar inn på fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil òg kunne påverke andre mål.
Produksjon av trygg mat er òg ein grunnleggjande føresetnad for næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter, og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Det finst òg fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Dessutan er dette tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar. Alt i alt gjer dette at måloppnåinga ikkje kan vurderast ut frå det enkelte tiltak, men på indikatorar som viser utviklingstrekka i næringa samla sett.
I jordbruksoppgjeret 2023 blei staten og jordbruket sine organisasjonar samde om ein avtale som innebar ei ramme for 2024 på 4 147 mill. kroner, samanlikna med 2023 før oppgjer, der løyvingane i statsbudsjettet auka med 2 907 mill. kroner. Stortinget vedtok jordbruksoppgjeret 16. juni 2023.
Kapittel 3 i Prop. 105 S (2023–2024) Endringer i statsbudsjettet 2024 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2024) gir ein oversikt over sentrale utviklingstrekk for dei måla som er relevante for dei verkemidla som er omfatta av jordbruksavtalen. Sjå òg resultatrapporteringa i del III av denne proposisjonen.
Jordbruksoppgjeret 2024
Jordbrukets forhandlingsutval la fram sitt krav på vegner av Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag den 26. april. Den 6. mai la staten fram sitt tilbod. Det blei halde forhandlingsmøte i plenum 8. til 10. mai, der partane gjekk grundig gjennom krav og tilbod og utdjupa sine synspunkt. I perioden 11. til 16. mai blei det halde møte på leiarnivå og ulike arbeidsgrupper gjekk gjennom spesifikke problemstillingar. I plenumsmøte 16. mai konstaterte statens forhandlingsleiar at det var inngått jordbruksavtale mellom partane, og sluttprotokollen blei underskriven. Jordbruksoppgjeret blei sendt Stortinget, jf. Prop. 105 S (2023–2024). Proposisjonen blei handsama i Stortinget den 20. og 21. juni 2024 på grunnlag av Innst. 485 S (2023–2024) frå næringskomiteen.
I tråd med Hovedavtalen for jordbruket fastsette Staten og jordbruksorganisasjonane føresegner og tiltak i ein jordbruksavtale, i samsvar med Stortingets handsaming. Jordbruksavtalen omfattar målprisane for perioden frå 1. juli 2024 til 30. juni 2025 og tilskott som blir utbetalte i 2025. Målprisauken blei berekna til 627,0 mill. kroner. Behovet for løyving på kap. 1150 blei estimert til 2 217,0 mill. kroner, 69 mill. kroner var overførte verdiar frå 2023 og auka verdi av jordbruksfrådraget utgjorde 102,0 mill. kroner. Den samla økonomiske ramma for jordbruksoppgjeret i 2024 for 2025 var 3 015 mill. kroner. På bakgrunn av volumjusteringar i ettertid, blir det fremja forslag om å auke løyvingane på statsbudsjettet med 2 098 mill. kroner for 2025.
For meir informasjon om prosessen, sjå omtale under programkategori 15.30.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om å auke den samla løyvinga på kap. 1150 med 2 098,0 mill. kroner for 2025. Postane 71 og 73 er overslagsløyvingar der satsar og volum styrer løyvingsbehovet.
Jordbruket har dei siste to åra opplevd ein kraftig kostnadsauke på viktige innsatsfaktorar, mellom anna gjødsel, fôr, straum, drivstoff og bygningsmateriale. Grunnlagsmaterialet til årets jordbruksoppgjer viste kostnadsreduksjon for ikkje-varige driftsmiddel, frå eit høgt nivå. Dette kjem særleg frå reduserte prisar på gjødsel og fôr. Samstundes har rentekostnadene auka vesentleg dei siste to åra. Fallande prisar internasjonalt gjorde at avtalepartane var samde om at den mellombelse ordninga med tilskott til importert karbohydratråvare blir avvikla. Normalåret gir tilskott på post 71 tilsvarande 104,4 mill. kroner. Dette gir ei samla løyving på kap. 1150 i 2025 tilsvarande 28 813,9 mill. kroner, mot 26 716,3 mill. kroner i saldert budsjett for 2024.
Jordbruksoppgjeret innebar òg i år eit vesentleg bidrag for å styrkje klima-, natur- og miljøarbeidet i jordbruket. Avsetjinga som har klima-, natur- og miljøverknad blei auka med 1 164,4 mill. kroner frå 2024 til 2025, og totalt er 10 546,7 mill. kroner sett av til desse ordningane i jordbruksavtalen for 2025. Det er mellom anna ei særskild satsing retta mot tiltak som skal betre situasjonen i Oslofjorden.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å bidra til auka måloppnåing og meir effektiv tilskottsforvaltning gjennom å dekkje kostnader til utvikling av IKT-/fagsystem i forvaltninga av tilskott, evalueringar av ordningane og til arbeidsgrupper som er sette ned av avtalepartane eller vedtekne av Stortinget. I nokre tilfelle der kostnadene er direkte relaterte til konkrete tilskottsordningar, kan dei òg bli finansierte av ordninga.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 16,6 mill. kroner på posten.
Følgjande prosjekt blei finansierte av ordninga i 2023:
Utvikling av ny løysing for erstatningsordningane
Digital løysing for søknader om nydyrking i Agros
Modernisering og risikoreduserande tiltak i eStil-PT og i eStil-RMP
Konsept for nye løysingar for kornavrekningar og oppfølging av målpris innanfor grønt- og kjøttområdet
Utarbeiding av kunnskapsgrunnlag om årsaker til matsvinn
Konseptutredning for ny skogfondsløysing for skogeigarar
Ekstern midtvegsevaluering av Nasjonal strategi for økologisk jordbruk
Arbeidsgrupper og utgreiingar m.m.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 29,5 mill. kroner. Løyvinga skal mellom anna finansiere utvikling av nytt landbruksregister, ny løysing for innrapportering av avrekning av korn, nytt forvaltningssystem for gjødselbruksforskrifta, evaluering av RMP og arbeidsgrupper og utgreiingar, mellom anna i samband med gjennomgangen av korn- og kraftfôrpolitikken. 10,0 mill. kroner blir sett av til å kunne starte utvikling av IKT-system i Landbruksdirektoratet i samband med eventuell erstatning av telledato for storfe.
Post 50 Tilskott til Landbrukets utviklingsfond (LUF)
Formål med løyvinga
Midlane på posten blir tildelt til Landbrukets utviklingsfond (LUF). I tråd med vedtektene til LUF kan fondsmidlane nyttast til tiltak som styrkjer og byggjer ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Ordningane under LUF omfattar verkemiddel knytte til næringsutviklings- og miljøtiltak, medrekna mellom anna tilskottsordningar, utviklingsprogram og prosjekt. Fleire av ordningane som ligg under LUF er sentrale for å følgje opp ambisjonane i Hurdalsplattforma knytte til utvikling og investering innan landbruksnæringa, auka produksjon og omsetnad av lokalmat og -drikke og økologisk mat, i tillegg til utdanning, kompetanseheving og landbruksforsking.
Sentrale mål for verkemidla er å leggje til rette for fleire gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og innovative næringsmiljø i landbruket. Risikoavlastande verkemiddel er eit viktig bidrag til å få ein konkurransedyktig og framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet. Fleire av verkemidla har vidare som mål å lette oppstartsutfordringar og bidra til kompetanseutvikling i næringa. Ordningane har difor innverknad på rekruttering til landbruket.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 2 227,3 mill. kroner på posten.
Departementet viser til Prop. 121 S (2022–2023) Jordbruksoppgjøret 2023 m.m. for ei detaljert omtale av dei enkelte ordningane som er finansierte av LUF. Ordningane det er gitt støtte til, kan delast inn i åtte område:
bedriftsretta midlar
tilskott til stiftinga Norsk Mat
nasjonale og regionale tilretteleggingsmidlar for næringsutvikling
tilskott til rekrutterings- og kompetansehevingstiltak
forsking og utvikling
skogbruk, fornybar energi og teknologiutvikling
konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift
verkemiddel retta mot miljø- og klimatiltak og økologisk jordbruk
Budsjettframlegg 2025
Med bakgrunn i Prop. 105 S (2023–2024) og Stortingets handsaming, jf. Innst. 448 S (2023–2024), gjer departementet framlegg om ei løyving til LUF på 2 548,6 mill. kroner. Tabell 5.10 viser kapitalsituasjonen for LUF 2023–2028.
Rekneskap og prognosar for utviklinga av fondet er baserte på Landbruksdirektoratets årsrapport for fondet. Per 31. desember 2023 var eigenkapitalen til fondet på 1 004 mill. kroner.
Fondet har ansvar for innvilga, men ikkje utbetalte tilskott. Ansvar per 31. desember 2023 er berekna til 3 007 mill. kroner. I tillegg kjem ansvar for rentestøtteordninga som per 31. desember 2023 er berekna til 105 mill. kroner.
Fondsrekneskapet for 2023 viser eit positivt resultat på 401,6 mill. kroner. Dei siste åra har resultatet vore negativt, som følgje av at tilskottsramma2 frå fondet i fleire år har vore vesentleg høgare enn løyvinga inn til fondet. I dei siste års jordbruksoppgjer har det blitt gjort fleire tiltak for å styrkje eigenkapitalen til fondet. I jordbruksoppgjeret i 2023 blei løyvinga til fondet for 2024 auka med 273 mill. kroner, 75 mill. kroner meir enn det som blei sett som tilskottsramme ut frå fondet. Fondet blei òg styrkt med eingongsmidlar i 2023 på nærare 94 mill. kroner. Avtalepartane blei vidare samde om eit prinsipp for inndraging av unytta rammer ved årsskifte, der avtalepartane møtest kvart år innan 15. februar for å vurdere inndraging av midlar. Som følgje av dette er det i 2024 inndrege nærare 74 mill. kroner som ved årsskiftet 2023/2024 var unytta rammer3. Inndraging av unytta rammer vil gi lågare tilskottsrammer i påfølgjande år, noko som på sikt vil gi lågare utbetalingar frå fondet.
Det er utfordrande å fastsetje gode utbetalingsprognosar for eit fond som har nærare 30 ulike tilskottsordningar under seg. Prognosane for 2024–2028 er usikre, men tilseier at fondet, gitt uendra løyving inn og tilskottsramme ut av fondet, vil få auka utbetalingar. Landbruksdirektoratet tilrår i sin årsrapport om fondet at ein framleis følgjer nøye med på kapitalsituasjonen i fondet, og at fondskapitalen og likviditeten er under oppsyn.
Løyvinga til Landbrukets utviklingsfond for 2025 blir sett til 2 548,6 mill. kroner, ein auke på 217 mill. kroner frå 2024. Tilskottsramma frå fondet aukar med 187 mill. kroner til 2 726 mill. kroner. Løyvinga til fondet aukar då med 30 mill. kroner meir enn det tilskottsramma frå fondet aukar. Tabell 5.10 viser oversikt over kapitalsituasjonen til fondet 2023–2028 med utgangspunkt i dei endringane som blei utført i årets jordbruksavtale. Kapitalsituasjonen til fondet er framleis krevjande og må haldast under oppsyn òg framover i tid.
Tabell 5.10 Kapitalsituasjonen til LUF 2023–2028 (i mill. kroner)
Rekneskap 2023 | Prognose 2024 | Prognose 2025 | Prognose 2026 | Prognose 2027 | Prognose 2028 | |
---|---|---|---|---|---|---|
Løyving | 2 058,5 | 2 331,6 | 2 548,6 | 2 548,6 | 2 548,6 | 2 548,6 |
Eingongsmidlar | 168,8 | 58,0 | ||||
Renteinntekter | 40,6 | 40,0 | 40,0 | 40,0 | 40,0 | 40,0 |
Andre inntekter¹ | 23,9 | 19,5 | 19,5 | 19,5 | 19,5 | 19,5 |
Løyving kap. 1149 | 29,7 | 25,0 | 25,0 | 25,0 | 25,0 | 25,0 |
Sum inntekter | 2 321,5 | 2 474,1 | 2 633,1 | 2 633,1 | 2 633,1 | 2 633,1 |
Utbetalingar av tilskott frå fondet jf. årsrapport 2023 | 1 890,2 | 2 247,2 | 2 315,8 | 2 353,6 | 2 342,7 | 2 398,0 |
Utbetalingar kap. 1149 | 29,7 | 25,0 | 25,0 | 25,0 | 25,0 | 25,0 |
Endring i tilskottsramme² | 58,0 | 187,0 | ||||
Sum utbetalingar | 1 919,9 | 2 330,2 | 2 527,8 | 2 378,6 | 2 367,7 | 2 423,0 |
Resultat | 401,6 | 143,9 | 105,3 | 254,5 | 265,4 | 210,1 |
Utvikling i eigenkapital | 1 004,3 | 1 148,1 | 1 253,4 | 1 507,9 | 1 773,3 | 1 983,4 |
Inneståande i Norges Bank, inkl. a konto IN | 1 046,2 | 1 143,9 | 1 250,0 | 1 505,0 | 1 770,5 | 1 980,5 |
Uteståande investeringslån | 3,7 | 4,2 | 3,4 | 3,0 | 2,8 | 2,9 |
Tapsfond risikolån BU | -45,4 | |||||
Kortsiktig gjeld | -0,2 |
1 Omfattar overføringar frå to statsforvaltarar til ordninga Verdsarv, i tillegg til overføring frå Reindriftens Utviklingsfond til ordninga konfliktførebyggjande tiltak og overføring frå Miljødirektoratet til ordninga Utvalde kulturlandskap.
2 Endring i tilskottsramma for 2025 (ut over prognose sett i årsrapport for LUF 2023) kjem truleg ikkje til utbetaling i sin heilskap i 2025.
Nærare om tilskottsramma i LUF
Tabell 5.11 viser tilskottsramme for LUF i 2025, i tillegg til endring i tilskottsramme frå 2024 til 2025. 58 mill. kroner av ledige midlar for 2024 skal nyttast til å styrkje ordningane Nasjonale tilretteleggingsmidlar og tilskott til drenering. For 2025 er partane samde om at tilskottsramma for fondet blir auka med 187 mill. kroner til totalt 2 726 mill. kroner.
Ein vesentleg del av tilskottsramma for LUF er i 2025 avsett til ordningar som skal stimulere til næringsutvikling, investering og bedriftsutvikling i landbruket, rekruttering og kompetanseheving. Skogbruk og ordningar knytte til klima- og miljøtiltak er ein annan sentral del av tilskottsramma til fondet. Avtalepartane blei samde om å prioritere investeringstilskott for å imøtekomme dyrevelferdskrav, ordningar med klima- og miljøinnretning og ei distriktsretta satsing på landbruket i Nord-Noreg.
Tabell 5.11 Tilskottsramme LUF (i mill. kroner)
2024 | Ekstra 2024 | 2025 | Endring 2024–2025 | ||
---|---|---|---|---|---|
Bedriftsretta midlar til investering og utvikling | 1 220,5 | 1 272,5 | 52,0 | ||
Nasjonale tilretteleggingsmidlar | 16,0 | 4,0 | 16,0 | 0,0 | |
Det store norske Grøntløftet | 0,0 | 5,0 | 5,0 | ||
Regionale tilretteleggingsmidlar1 | 41,0 | 61,0 | 20,0 | ||
Områderetta innsats | |||||
Berekraftig matproduksjon i nord | 17,0 | 25,0 | 8,0 | ||
Fjellandbruket | 3,0 | 3,0 | 0,0 | ||
Rekruttering og kompetanse i landbruket | |||||
Regionale tilskott til rekruttering og komp.heving | 14,0 | 0,0 | -14,0 | ||
Pilotprosjekt vidareutvikling av landbruksutdanning | 0,0 | 2,0 | 2,0 | ||
Nasjonal modell for vaksenagronom | 17,0 | 17,0 | 0,0 | ||
Regionale kompetansenettverk for lokalmat | 14,7 | 15,0 | 0,3 | ||
Forsking og utvikling | 83,5 | 91,5 | 8,0 | ||
PRESIS – Presisjonsjordbruk i praksis | 4,0 | 4,0 | 0,0 | ||
Stiftinga Norsk mat | 71,0 | 78,0 | 7,0 | ||
Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping2 | 84,3 | 77,0 | -7,3 | ||
Bondens marked og Norsk Gardsost | 3,0 | 3,0 | 0,0 | ||
Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket | 222,0 | 237,0 | 15,0 | ||
Skogbruk | 270,0 | 275,0 | 5,0 | ||
Oppfølging av handlingsplan mot villsvin | 1,5 | 2,5 | 1,0 | ||
Midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift | 1,5 | 1,5 | 0,0 | ||
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) | 200,0 | 220,0 | 20,0 | ||
Drenering | 88,0 | 54,0 | 148,0 | 60,0 | |
MetanHUB | 10,0 | 10,0 | 0,0 | ||
Klimasmart landbruk | 10,0 | 12,0 | 2,0 | ||
Tilskott til tiltak i beiteområde | 31,0 | 32,0 | 1,0 | ||
Handlingsplan for plantevernmidlar | 14,0 | 15,0 | 1,0 | ||
Klima- og miljøprogram | 40,0 | 40,0 | 0,0 | ||
Biogass | 22,0 | 23,0 | 1,0 | ||
Verdsarvområda og Utvalde kulturlandskap | 25,0 | 25,0 | 0,0 | ||
Utviklingstiltak innan økologisk landbruk | 15,0 | 15,0 | 0,0 | ||
Sum tilskottsramme3 | 2 539,0 | 58,0 | 2 726,0 | 187,0 |
1 Auken på Regionale tilretteleggingsmidlar skuldast delvis at tilskottsramma for regionale kompetansemidlar på 14 mill. kroner blir innlemma i ordninga. I tillegg aukar ramma med 6 mill. kroner for å styrkje fylkeskommunanes arbeid med Matnasjonen Norge, irekna å støtte opp under utvikling av lokal og regionale matfestivalar og omsetnadskanalar for lokalmat.
2 5 mill. kroner er flytta til Regionale tilretteleggingsmidlar, jf. fotnote 1.
3 Samla tilskottsramme for 2025 er 20 mill. kroner høgare enn det som gjekk av fjorårets jordbruksproposisjon. Dette skuldast at tilskottsramma til drenering blei auka med ytterlegare 20 mill. kroner i 2024 som følgje av stor pågang etter tilskott. I tillegg til tilskottsramma må det med utgangspunkt i utbetalingsprognosane for fondet, jf. Landbruksdirektoratets årsrapport for fondet, setjast av ei ramme på 40 mill. kroner til rentestøtteordninga og 4,2 mill. kroner til Landbruksdirektoratets administrasjon av fondet. Desse avsetjingane er inkluderte i framtidige utbetalingsprognosar for fondet.
For fullstendige føringar for dei enkelte ordningane under LUF, sjå Prop. 105 S (2023–2024) Endringer i statsbudsjettet for 2024 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2024 m.m.).
Post 70 Marknadstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
70.11 | Tilskott til marknadstiltak grøntsektoren | 45 900 | 40 400 | 47 400 |
70.12 | Tilskott til råvareprisutjamningsordninga | 156 374 | 254 740 | 315 100 |
70.13 | Tilskott til avrensordninga poteter | 44 000 | 46 000 | 48 000 |
Sum post 70 | 246 274 | 341 140 | 410 500 |
Det blei i 2023 nytta 246,3 mill. kroner på posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 410,5 mill. kroner for 2025.
Underpost 70.11 Tilskott til marknadstiltak grøntsektoren
Formålet med marknadstiltaka er å bidra til å nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetjing for produsert vare og bidra til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. I grøntsektoren blir kostnadene ved marknadsregulering, opplysningsverksemd og faglege tiltak dekte av løyvinga til marknadstiltak, mens desse tiltaka blir dekte gjennom omsetnadsavgift for andre produksjonar. Partane i jordbruksoppgjeret var samde om å auke løyvinga til Opplysningskontoret for frukt og grønt (OFG) med 2 mill. kroner, og 5 mill. kroner prosjektet Det store norske Grøntløftet i regi av stiftelsen Norsk Mat og OFG. Løyvinga blir tildelt OFG. Dette gir ei løyving på underposten på 47,4 mill. kroner for 2025.
Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisutjamningordninga
Formålet med RÅK-ordninga er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg. Løyvingane på denne ordninga må vere avpassa skilnaden mellom prisar på verdsmarknaden og norske prisar på råvarer som inngår i ferdigvarene. Prisane på verdsmarknaden er usikre og kan variere mykje. Dei siste åra har det gjennomgåande vore høge internasjonale prisar som har redusert løyvingsbehovet på denne ordninga. Det har òg vore svingingar i valutamarknaden som påverkar løyvingsbehovet.
I årets jordbruksoppgjer var partane samde om å utvide vareomfanget i ordninga med ferdigrettar med ris i tillegg til puddingar og dessertar frå 1. januar 2025. Utvidinga av vareomfanget gir saman med målprisauken i jordbruksavtalen og utviklinga i prisskilnader mellom verdsmarknaden og Noreg på jordbruksråvarer, ein auke i løyvinga tilsvarande 60,4 mill. kroner.
Samla gir dette eit prognosert behov for løyving på underposten på 315,1 mill. kroner for 2025.
Underpost 70.13 Tilskott til avrensordninga poteter
Formålet med ordninga er å sikre avsetjing av norskproduserte avrenspoteter. Dette er fråsorterte poteter som ikkje kan nyttast til mat eller industriproduksjon. Det blir gitt prisnedskrivingstilskott til produksjon av rektifisert potetsprit eller potetstivelse ved avtale om mottak av avrenspoteter frå godkjente omsetnadsledd i marknadsordninga for poteter. Dette gir redusert matsvinn og lågare klimagassutslepp. Partane i jordbruksoppgjeret var samde om å auke løyvinga til potetstivelse med 1,0 mill. kroner og til potetsprit med 1,0 mill. kroner. Auken til potetstivelse skal nyttast til å auke dagens sats, mens auken på potetsprit skal nyttast til å auke volumet i ordninga. Dette gir ei løyving på underposten på 48,0 mill. kroner for 2025.
Post 71 Tilskott ved produksjonssvikt, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
71 | Tilskott ved produksjonssvikt, overslagsløyving | 469 573 | 102 400 | 104 400 |
Sum | 469 573 | 102 400 | 104 400 |
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å redusere økonomiske tap i plante- og honningproduksjon som kjem av klimatiske forhold som det ikkje er mogleg å sikre seg mot.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 469,6 mill. kroner på posten. Det er meir enn opphavleg vedteke budsjett for 2023, og kjem i hovudsak av tørke og deretter store nedbørsmengder og ekstremvêret «Hans». Landbruksdirektoratet fekk i underkant av 7 500 søknader om tilskott ved klimarelatert produksjonssvikt.
I 2023 blei det både betalt ut forskott og handsama saker med utgangspunkt i gamle satsar da dei nye satsane ikkje kunne gjelde før Stortinget si handsaming 15. desember 2023. Samla utbetaling av tilskott i 2023 for søknader frå skadeåret 2023 var på 398,0 mill. kroner. Desse søknadene vil få ei ny handsaming og berekning av tilskott i 2024 med nye satsar og øvre grense for utbetaling. Andre utbetalingar i 2023 gjeld saker frå tidlegare år.
Det blei motteke i underkant av 120 søknader om tilskott etter svikt i honningproduksjon i 2023. Årsaka til det høge talet er sannsynlegvis sein og dårleg lyngtrekk i delar av landet kombinert med mykje regn i august. Også satsen for honning blei endra som følgje av dei utfordrande vêrforholda, og tilsvarande som for produksjonssvikt kunne ikkje dei nye satsane gjelde før Stortinget si handsaming i desember 2023. Samla utbetaling i 2023 for skadeåret 2023 var på 1,2 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 104,4 mill. kroner.
Partane i jordbruksoppgjeret var samde om at ordninga med tilskott ved produksjonssvikt ikkje er ei erstatningsordning, men ei ordning som bidreg til vesentleg risikoreduksjon. For å redusere effekten på utbetalinga av fleire dårlege sesongar, blei partane samde om at reglane for berekning av gjennomsnittleg avling skal endrast slik at søkjaren kan stryke dei to dårlegaste og det beste av dei sju siste åra i gjennomsnittsberekninga. Løyvinga blei difor auka med 2,0 mill. kroner i jordbruksoppgjeret 2024.
Post 73 Pristilskott, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
73.11 | Pristilskott ull | 103 960 | 110 700 | 117 740 |
73.13 | Pristilskott mjølk | 677 758 | 975 354 | 1 532 928 |
73.15 | Pristilskott kjøtt | 1 612 157 | 1 737 183 | 1 758 024 |
73.16 | Distriktstilskott egg | 3 993 | 6 081 | 5 400 |
73.17 | Pristilskott grøntsektoren | 274 339 | 311 800 | 361 052 |
73.18 | Frakttilskott | 410 739 | 528 200 | 435 300 |
73.19 | Pristilskott korn | 1 982 179 | 1 860 600 | 1 581 750 |
Sum post 73 | 5 065 125 | 5 529 918 | 5 792 194 |
Det blei i 2023 nytta 5 065,1 mill. kroner på posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 5 792,2 mill. kroner for 2025.
I jordbruksoppgjeret blei det gjort satsendringar som aukar løyvinga på posten med 381,6 mill. kroner frå saldert budsjett 2024 til 2025. I tillegg er det prognosert kvantumsendringar som aukar løyvinga med 262,3 mill. kroner.
Underpost 73.11 Pristilskott ull
Formålet med tilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal òg bidra til å betre kvaliteten på norsk ull og sikre avsetnad i marknaden for norsk ull av god kvalitet.
I jordbruksoppgjeret blei satsen for tilskott til ull auka med 3 kroner per kg til 44,96 kroner per kg, og satsen for tilskott til skinn av sau/lam auka med 4 kroner per skinn til 74,00 kroner. Endringane gir ei løyving på underposten på 117,7 mill. kroner.
Underpost 73.13 Pristilskott mjølk
Formålet med pristilskott til mjølk er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som er med på å halde oppe busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. I jordbruksoppgjeret 2024 blei partane samde om at distrikstilskottet for mjølk, som tidlegare har blitt gitt til område med høge produksjonskostnader i Sør-Noreg, og for all mjølk i Nord-Noreg, blir gjort om til eit generelt pristilskott med distriktsdifferensierte satsar. Tilskottet notifiserast i sin heilheit i gul boks i WTO-samanheng. Satsane varierer frå 32 øre og opp til 312 øre per liter. Grunntilskottet til produksjon av økologisk mjølk blei auka med 10 øre per liter. Dette gir ei samla løyving på underposten på 1 532,9 mill. kroner.
Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt
Ordninga omfattar grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt, kvalitetstilskott for storfekjøtt og kvalitetstilskott for slakt av lam og kje.
Formålet med tilskotta er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling som er med på å halde oppe busetjing og sysselsetjing i heile landet gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. Grunntilskottet skal òg bidra til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren, mens kvalitetstilskotta skal stimulere til ein auke i produksjonen av kjøtt med høg kvalitet.
Distriktstilskott går i hovudsak til kjøtt frå grovfôrbaserte produksjonar differensiert på fem soner. Det blir òg gitt distriktstilskott til produksjon av svinekjøtt i Nord-Noreg, Agder og Vestlandet med unntak av Rogaland.
Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje, og satsane blei auka med 1,50 kroner for begge dyreslag.
I jordbruksoppgjeret blei kvalitetstilskottet for slakt av lam og kje auka med 10 kroner per lammeslakt og 80 kroner per kjeslakt. For kvalitetsttilskottet for storfe blei tilskottssatsen for kvalitetsklassane O og O+ harmonisert, og sett til 8,20 per kg, mens satsen for kvalitet R- og betre blei auka til 12 kroner per kg. Distriktstilskottet for sonene i Nord-Noreg blei auka med høvesvis 0,25 og 0,50 kroner per kg i sone 4 og 5 for storfe, geit og sau. For gris blei satsen auka med 0,50 kroner per kg i sone 4 (Troms) og sone 5.
Dette gir ei løyving på underposten på 1 758,0 mill. kroner. Av dette utgjer grunntilskottet til sau/lam og geit/kje 117,3 mill. kroner, kvalitetstilskottet til storfekjøtt 445,2 mill. kroner, distriktstilskottet 685,4 mill. kroner og tilskott til lammeslakt og kjeslakt 510,1 mill. kroner.
Underpost 73.16 Distriktstilskott egg
Formålet med ordninga er å bidra til eggproduksjon i heile landet gjennom å jamne ut geografiske skilnader i lønsemda i produksjonen. Tilskottet omfattar Nord-Noreg og Vestlandet utanom Rogaland. I jordbruksavtalen blei satsen vidareført uendra for både Vestland og Nord-Noreg. Dette gir ei løyving på underposten på 5,4 mill. kroner for 2025.
Underpost 73.17 Pristilskott grøntsektoren
Formålet med ordninga er å betre inntekta for produsentane innan grøntsektoren og bidra til ein geografisk spreidd produksjon.
Ordninga omfattar distriktsdifferensierte tilskott til konsumproduksjon av eple, pære, plomme, kirsebær, morellar og bær, leveransar av pressfrukt til industri, bær til industri og til produksjon av matpotet og grønsaker i Nord-Noreg. Det blir òg gitt distriktsdifferensierte tilskott til produksjon av salat og veksthusproduksjon av tomat og slangeagurk.
Distriktsdifferensieringa følgjer dei same sonene som tilskott for areal- og kulturlandskap.
I jordbruksoppgjeret blei satsane i ordninga auka frå 0,45 til 0,76 kroner per kg for eple, pærer, plommer og kirsebær, frå 0,97 til 1,58 kroner per kg for morellar, 0,37 kroner per kg for produksjon av frukt til konsummarknaden og til press og frå 0,79 til 1,32 kroner per kg for bær. For bær til industri blei satsen auka med 2 kroner per kg. Tilskott til tomat og agurk i veksthus blei auka med høvesvis 0,45 kroner per kg og 0,30 kroner per kg, og tilskott til salat blei auka med 0,15 kroner per kg. Tilskott til produksjon av potet og grønsaker i Nord-Noreg blei auka med 1,00 kroner per kg.
Det samla utslaget av alle satsendringane gir ein auke i løyvinga på 31,0 mill. kroner. Samla forbruk på ordninga er etter dette berekna til 361,1 mill. kroner.
Underpost 73.18 Frakttilskott
Ordninga omfattar tilskott til frakt av slaktedyr, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal bidra til å jamne ut prisane til produsent og forbrukar. Tilskott til frakt av slaktedyr skal òg bidra til å vareta rammevilkåra for små slakteri. Frakttilskotta er baserte på at råvarekjøparane og produsentane må dekkje ein eigendel av kostnadene.
Fraktkostnadene har auka mykje, og i jordbruksoppgjeret blei satsane auka med 31,5 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 435,3 mill. kroner. Etter jordbruksoppgjeret blei frakttilskott kraftfôr delt opp i frakttilskott kraftfôr og frakttilskott korn, og anslaget kan difor måtte bli justert. Landbruks- og matdepartementet kjem tilbake med justerte tal dersom det er naudsynt.
Underpost 73.19 Pristilskott korn
Formålet med ordninga er å sikre avsetnad av norskprodusert korn, erter og oljefrø, og å regulere kostnadene og konkurransekrafta til norsk husdyrproduksjon, i tillegg til å styrkje konkurransekrafta til norsk cerealindustri.
Ordninga omfattar tilskott til prisnedskriving ved kjøp av norskprodusert korn for vidare sal eller tilverking av kraftfôr eller mat, og tilskott til føretak som nyttar norskprodusert korn i tilverking av mjøl eller andre cerealprodukt som blir nytta til mat (matkorntilskott). Gjennom desse ordningane kan ein, regulere prisen på råvarer til kraftfôr og matmjøl, og samstundes halde ein relativ høg kornpris. For å fremje avsetnaden av økologisk korn og erter, blir det gitt høgare satsar for økologisk produsert vare. Den høgare satsen for økologiske produsert vare bidreg, og til at produsentane av økologisk korn, erter og oljefrø kan få høgare pris enn for konvensjonell vare.
I jordbruksoppgjeret blei målprisane for matkorn auka med 0,18 kroner per kg, mens målprisane for fôrkorn blei auka med 0,07 kroner per kg.
Den ekstraordinære situasjonen på verdsmarknaden har gitt store svingingar i internasjonale kornprisar. I periodar i 2022 og 2023 var prisen godt over norsk engrospris. Utan tiltak er det då ikkje mogleg å oppretthalde eit målprissystem i Noreg og råvarekostnadene for kraftfôr ville bli høge. Partane i jordbruksoppgjeret innførte difor i 2022 eit mellombels system med prisnedskriving av både norsk og importert karbohydratråvare til eit norsk engrosprisnivå. I jordbruksoppgjeret i 2024, blei partane samde om å avvikle ordninga.
Matkorntilskottet kjem i tillegg til prisnedskrivinga. Partane blei samde om at matkorntilskottet skulle aukast med 0,24 kroner per kg for å sikre avsetninga for norsk matkorn.
Satsendringane i jordbruksoppgjeret gir ei samla redusert løyving på 278,1 mill. kroner, der løyvinga til prisnedskriving korn aukar med 95,4 mill. kroner, løyvinga til matkorntilskott aukar med 26,2 mill. kroner og løyvinga til prisnedskriving importert kraftfôrråvare fell bort og blir redusert med 399,6 mill. kroner. Dette gir ei løyving på posten på 1 581,8 mill. kroner.
Post 74 Direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
74.11 | Driftstilskott mjølk og kjøtt | 2 478 589 | 2 796 500 | 2 925 113 |
74.14 | Tilskott husdyr | 4 057 445 | 4 720 230 | 4 959 373 |
74.16 | Beitetilskott | 1 342 957 | 1 886 900 | 2 334 907 |
74.17 | Areal- og kulturlandskapstilskott | 5 369 079 | 5 567 300 | 6 072 052 |
74.19 | Tilskott til regionale miljøprogram | 782 006 | 1 006 100 | 1 106 100 |
74.20 | Tilskott til økologisk jordbruk | 147 476 | 162 600 | 168 778 |
Sum post 74 | 14 177 552 | 16 139 630 | 17 566 323 |
Det blei i 2023 nytta 14 177,6 mill. kroner på posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 17 566,3 mill. kroner for 2025.
Underpost 74.11 Driftstilskott mjølk og kjøtt
Formålet med driftstilskottet er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen og i produksjon av storfekjøtt. Tilskottet skal òg jamne ut skilnader i lønsemd mellom føretak av ulik storleik, og har også ei geografisk differensiering.
Ordninga består av tilskott til føretak med mjølkeproduksjon og tilskott til føretak med kjøttproduksjon på ammekyr. Satsane er differensierte etter dei same sonene som for tilskott til areal og kulturlandskap.
Driftstilskottet til mjølkeproduksjon er like stort per føretak for alle som har fem kyr eller meir. I jordbruksoppgjeret blei satsen for bruk med mjølkeku auka med 5 000 kroner per føretak i sone 1 til 4, og med 24 000 kroner per føretak i sone 5 til 7. Tilskottet varierer etter dette mellom 291 100 kroner og 373 000 kroner per føretak. Satsen for føretak med geitemjølk blei auka med 24 000 kroner, til 326 130 kroner.
For driftstilskott til produksjon med ammekyr blei satsen auka med 28 000 kroner per føretak i sone 1 til 4 og 32 000 kroner per føretak i sone 5 til 7. Tilskottet blir etter dette 265 280 kroner per føretak i sone 1 til 4 og 348 480 kroner i sone 5 til 7.
Auken i satsane, rekna saman med ei innsparing som følgje av redusert tal på dyr/føretak, gir ei løyving på underposten på 2 925,1 mill. kroner. Av dette er 766,6 mill. kroner til kjøttproduksjon og 2 158,7 mill. kroner til mjølkeproduksjon.
Underpost 74.14 Tilskott husdyr
Formålet med tilskottet er å styrkje og jamne ut inntektene til føretak med ulike husdyrproduksjonar og etter storleiken på husdyrhaldet. Ordninga skal òg styrkje økonomien i honningproduksjon og bidra til bevaring av gen for gamle husdyrrasar. Tilskottet blir gitt per dyr/slakt/bikube. Satsane per dyreslag blir trappa ned med aukande dyretal per føretak.
I jordbruksoppgjeret blei satsen for mjølkekyr vidareført med 2 543 kroner per ku, for ammekyr blei satsen auka med 70 kroner per ku. For andre storfe blei satsen auka med 200 kroner per dyr. For tilskottet til små og mellomstore mjølkebruk blei satsane for dei første 23 dyra auka med 900 kroner per ku. For storfe samla gir alle satsaukingane ei løyving på 188,2 mill. kroner.
For sau blei det gitt ein auke i satsane på 110,4 mill. kroner, for avls- og slaktegris ein samla auke på 14,2 mill. kroner og for verpehøner 10,0 mill. kroner. Det blei òg gitt ein auke i satsane for bifolk med 10,1 mill. kroner og hjort med 1,0 mill. kroner. Til ordninga med genbevaring av husdyrrasar, blei det sett av 600 000 kroner til auka sats med 100 kroner per dyr for storfe.
Det blei gjeninnført tak på husdyrtilskott med 1,0 mill. kroner per føretak og år. Verknaden av endra satsar i jordbruksoppgjeret og tilpassing av løyvingsbehovet til dyretalet, gir ei samla løyving på underposten på 4 959,4 mill. kroner. Av dette er 30,8 mill. kroner sett av til tilskott til genbevaring av husdyrrasar.
Underpost 74.16 Beitetilskott
Formålet med ordninga er å stimulere til pleie av kulturlandskap og å oppnå god utnytting av utmarksbeiteressursane.
Ordninga består av tilskott for dyr som beiter i utmark, og tilskott for dyr som beiter på innmark og/eller i utmark (generelt beitetilskott). Det er krav til minimum beitetid for å få rett til tilskotta. Dei som mottek tilskott for dyr som beiter i utmark, kan òg få det generelle beitetilskottet for dei same dyra.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for utmarksbeitetilskottet auka med 250 kroner per dyr for storfe m.m., og med 130 kroner per dyr for småfe. Satsane i beitetilskottet blei auka med 150 kroner per dyr for storfe m.m. og 30 kroner per dyr for småfe m.m.
Satsendringane gir, saman med prognosen for talet på beitedyr, ei løyving på underposten på 2 334,9 mill. kroner fordelt med 1 459,9 mill. kroner for dyr på utmarksbeite og 875,0 mill. kroner i generelt beitetilskott.
Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott
Formålet med tilskottet er å bidra til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Tilskottet er ein del av det nasjonale miljøprogrammet.
Ordninga omfattar tilskott til kulturlandskap med den same satsen per dekar til alt jordbruksareal som oppfyller vilkåra for arealtilskott. Som eit tiltak for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet, blir det i tillegg gitt eit arealtilskott der satsane per dekar er differensierte ut frå type produksjon og kvar i landet produksjonen skjer. Dette skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar og mellom distrikt med varierande driftskostnader og avlingsnivå.
I jordbruksoppgjeret blei satsen for kulturlandskapstilskottet for alt dyrka areal auka frå 285 kroner per dekar til 300 kroner per dekar. Arealtilskott for grovfôr blei auka med 15 kroner per dekar i sone 3 og 4, med 30 kroner per dekar i sone 5 A, med 40 kroner i sone 5B, 6 og 7. Arealtilskott korn blei auka med høvesvis 60 kroner per dekar i sone 2 og 3, med 80 kroner per dekar i sone 4 og med 100 kroner per dekar i sone 5–7. For korn blei det sett eit arealtak på 3 000 dekar. Vidare blei det vedteke å gi tillegg for kveite på 100 kroner per dekar og for protein- og belgvekstar med 200 kroner per dekar.
Arealtilskott til potet blei auka med 45 kroner per dekar (sone 1–5) og 80 kroner per dekar (sone 6–7). For grønsaker blei tilskottet i sone 1–5 auka med 100 kroner per dekar (intervallet 1–300 dekar) og med 50 kroner per dekar for areal ut over 300 dekar. For grønsaker i sone 6–7 var dei tilsvarande aukingane høvesvis 140 og 100 kroner per dekar.
Arealtilskott til frukt blei i sone 1–4 auka med 120 kroner per dekar (intervallet 1–75 dekar) og med 90 kroner per dekar for areal ut over 75 dekar. For frukt i sone 5–7 blei den tilsvarande auken høvesvis 150 og 120 kroner per dekar. Arealtilskott til bær blei i sone 1–4 auka med 120 kroner per dekar (intervallet 1–150 dekar) og med 90 kroner per dekar for areal utover 150 dekar. For frukt i sone 5–7 blei den tilsvarande auken høvesvis 140 og 110 kroner per dekar.
Dette gir ei samla løyving til areal- og kulturlandskapstilskott for 2025 på 6 072,1 mill. kroner, som er fordelt med 2 653,1 mill. kroner i kulturlandskapstilskott og 3 418,9 mill. kroner i arealtilskott.
Underpost 74.19 Tilskott til regionale miljøprogram
Nasjonalt miljøprogram er inndelt i ni miljøfaglege tema der jordbruket har eit sektoransvar, og legg rammene for utforminga av dei regionale miljøprogramma. Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap, og å hindre erosjon og avrenning av næringsstoff til vatn gjennom eit regionalt tilpassa regelverk for økonomisk støtte. Dei regionale miljøprogramma har tiltak med tilhøyrande tilskott retta mot føretak innanfor følgjande område: Redusert forureining til vatn og luft, varetaking av kulturlandskap, varetaking av kulturminne og kulturmiljø, tilrettelegging for friluftsliv og tilgjenge, varetaking av biologisk mangfald, utslepp til luft, plantevern, jord og jordhelse og miljøavtale. Miljøutfordringane varierer frå fylke til fylke. Kvart fylke har eigne 4-årige miljøprogram som prioriterer innsatsen retta mot miljøutfordringane i fylket.
Dei regionale miljøprogramma (RMP) gir ei målretting av miljøinnsatsen i jordbruket ut over det som er mogleg gjennom generelle nasjonale ordningar. Programmet skal òg gi føringar for prioriteringar i dei kommunale tiltaksstrategiane for bruk av SMIL-midlar. Rapporteringa tyder på stor aktivitet i fylka, og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet. I jordbruksoppgjeret blei det vedteke å auke ramma for ordninga med 100 mill. kroner i 2025, av dette er 20 mill. kroner øyremerkt til vassmiljøtiltak i fylka Oslo, Østfold, Akershus, Buskerud, Vestfold og Innlandet. Det er dei respektive statsforvaltarembeta som vil fordele midlar i tråd med regionale miljøprogram. Målet er å stimulere til auka oppslutning om vassmiljøtiltak i jordbruket og for å følgje opp Helhetlig tiltaksplan for en ren og rik Oslofjord med et aktivt friluftsliv. I tillegg er fordelingsnøkkelen justert for i større grad å ta omsyn til setring.
Behovet for målretta miljøinnsats i jordbruket har auka over fleire år, og den økonomiske ramma har auka i takt med dette, til over 1 mrd. kroner i 2024. Regionalt miljøprogram er no eit av dei viktigaste verkemidla i jordbruket sitt miljøarbeid. Det er, sidan ordninga blei etablert i 2005, gjort fleire større og mindre endringar i RMP, men ordninga har aldri blitt evaluert i sin heilskap. Avtalepartane i jordbruksoppgjeret blei difor samde om at Regionalt miljøprogram skal evaluerast fram mot 2026. Den samla løyvinga på underposten blir 1 106,1 mill. kroner for 2025. For øvrige føringar for bruk av RMP-midlar, sjå Prop. 105 S (2023–2024) Endringer i statsbudsjettet 2024 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2024).
Underpost 74.20 Tilskott til økologisk jordbruk
Formålet med ordninga er å stimulere til at ein større del av jordbruksproduksjonen er økologisk. Ordninga omfattar ekstra arealtilskott og husdyrtilskott til økologisk produksjon. I jordbruksoppgjeret blei det vedteke at pristilskottet for økologisk mjølk skal aukast med 10 øre til 0,50 kroner per liter, tilsvarande ein auke på 4,2 mill. kroner for 2025. Det blir lagt til grunn at ein vesentleg del av auken skal bidra til å redusere meirkostnadene i verdikjeda etter bonden. Satsane for det ekstra arealtilskottet til økologisk frukt, bær og grønsaker blei auka med 100 kroner per dekar, økologisk potet med 60 kroner per dekar, økologisk korn med 60 kroner per dekar og grovfôr med 5 kroner per dekar. Endringa i satsane til økologisk produksjon aukar isolert løyvinga med 6,2 mill. kroner. Samla løyving på underposten blir etter dette på 168,8 mill. kroner for 2025.
Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
77.11 | Tilskott til dyreavl m.m. | 107 241 | 117 075 | 147 496 |
77.12 | Tilskott til frøavl m.m. | 29 033 | 30 060 | 35 560 |
77.13 | Tilskott til rådgiving | 110 000 | 116 000 | 118 000 |
77.15 | Tilskott til kvalitetstiltak | 55 386 | 60 635 | 69 635 |
77.17 | Tilskott til fellesanlegg for frukt | 20 700 | 22 700 | 26 700 |
Sum post 77 | 322 360 | 346 470 | 397 391 |
Det blei i 2023 nytta 322,4 mill. kroner på posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 397,4 mill. kroner for 2025.
Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.
Tilskott til dyreavl m.m. skal bidra til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa miljøet. Ordninga skal òg sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor og effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.
Tilskottet skal bidra til at kostnadene ved inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet, og til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.
For tilskott til veterinærreiser auka partane i jordbruksoppgjeret båtsatsen for privat skyssbåt frå 59 til 107 kroner per kilometer, tilskottstaket ved bruk av kommersiell transportteneste er auka frå 110 til 230 kroner per kilometer, tilskottstaket for fakturerte oppstarts- og ventetidskostnader per reise ved bruk av kommersiell transportteneste auka frå 2000 kroner til 4000 kroner, satsen for reise- og ventetidstilskott per time ved bruk av kommersiell transportteneste auka frå 450 til 750 kroner, ordinær sats per køyrde kilometer med eigen bil auka frå 19,37 til 20,15 kroner per kilometer, sats for reiser utført under vakt auka med 25 pst. og bestemminga om krav til bruk av næraste veterinær er fjerna.
Partane blei og samde om å nedkjempe utbrott av ringorm ved å gjennomføre eit vaksinasjonsprogram. Det blei sett av 2,0 mill. kroner til dette for 2025.
Samla gir dette ei løyving på underposten på 147,5 mill. kroner.
Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.
Formålet med ordninga er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det er tre typar tilskott under ordninga: Pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott. For å sikre tilgang til klimatilpassa såvare blir det òg gitt tilskott til overlagring av såkorn mellom kornsesongar.
Tilskott til frøavl blir gitt til sertifisert frøavl av godkjente sortar.
For å sikre forsyninga av såkorn i år med små volum eller dårleg kvalitet på norsk såkorn, blir det gitt tilskott til beredskapslagring av såkorn mellom avlingsåra.
Partane i jordbruksoppgjeret blei samde om å auke løyvinga til frøavl med 3,0 mill. kroner og til beredskapslagring av såkorn med 2,5 mill. kroner. Dette gir ei samla løyving på underposten på 35,6 mill. kroner for 2025.
Underpost 77.13 Tilskott til rådgiving
Formålet med tilskotta til Norsk Landbruksrådgiving (NLR) er å bidra til eit likeverdig rådgivingstilbod til alle bønder i heile landet. Dette vil seie at alle bønder skal ha tilgang til fagleg kompetent rådgiving innanfor dei områda som blir støtta i jordbruksavtalen, uavhengig av geografisk tilhøyrsle og medlemsskap. Tilskotta skal òg bidra til å sikre eit landsomfattande tilbod av krisebistand. Kjerneområde for tilskotta som blir gitt i jordbruksavtalen er rådgivings- og kunnskapsutviklingsarbeid innan konvensjonell og økologisk planteproduksjon. I tillegg har Norsk landbruksrådgiving ei sentral rolle innan fagområdet HMS i landbruket. Avtalepartane blei i årets jordbruksoppgjer samde om at støtta til byggteknisk planlegging skal fasast ut, og at NLR etter 1. januar 2027 ikkje kan nytte tilskottet frå jordbruksavtalen til denne tenesta.
Avtalepartane blei vidare samde om å auke løyvinga til NLR med 2 mill. kroner til 117 mill. kroner. Auken er særskild grunna i behovet for å forsterke NLR sitt arbeid innan krisebistand.
Løyvinga til Norsk Gartnerforbund på 1,0 mill. kroner til arbeidet med energirådgiving i veksthusnæringa blir vidareført.
Samla løyving på underposten blir etter dette 118,0 mill. kroner. Sjå Prop. 105 S (2023–2024) for ei meir utfyllande omtale av føringar for tilskott på posten.
Underpost 77.15 Kvalitetstiltak
Formålet med ordninga er å bidra til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.
Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe den norske potet- og grøntnæringa plantemateriale som er kontrollert for særskilde skadegjerarar, og med definerte eigenskapar som er tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet.
I jordbruksoppgjeret blei partane samde om å auke løyvinga til utvikling av plantemateriale med 7,0 mill. kroner, mellom anna for å møte framtidige behov for klimatilpassa plantemateriale. Tilskott til settepotetavl blei auka med 2,0 mill. kroner. Dette gir ei samla løyving på underposten på 69,6 mill. kroner.
Underpost 77.17 Tilskott til fellesanlegg for frukt
Formålet med tilskottet er å fremje samarbeid om lagring, sortering, pakking og omsetnad av frukt som bidreg til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt.
I jordbruksoppgjeret var partane samde om å styrkje ordninga med 4,0 mill. kroner, eller om lag 0,34 kroner per kilo omsett frukt. Dette gir ei løyving på underposten på 26,7 mill. kroner.
Post 78 Velferdsordningar, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
78.11 | Tilskott til avløysing | 1 330 155 | 1 554 877 | 1 572 266 |
78.12 | Tilskott til avløysing ved sjukdom m.m. | 147 343 | 188 700 | 208 749 |
78.14 | Tilskott til sjukepengeordninga | 37 428 | 38 100 | 40 900 |
78.15 | Tilskott til landbruksvikarordninga | 70 741 | 73 292 | 79 092 |
78.16 | Tilskott til tidlegpensjonsordninga | 64 557 | 60 000 | 64 000 |
Sum post 78 | 1 650 224 | 1 914 969 | 1 965 007 |
Det blei i 2023 nytta 1 650,2 mill. kroner på posten.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 965,0 mill. kroner for 2025.
Underpost 78.11 Tilskott til avløysing
Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til å finansiere leige av arbeidskraft.
Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar per dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag, men avgrensa til eit maksimalt tilskott per føretak. Dei som søkjer om tilskott, skal kunne dokumentere faktiske kostnader til leigd arbeid.
I jordbruksoppgjeret blei maksimalt tilskott per føretak auka frå 126 580 kroner til 134 175 kroner per føretak. Satsane per dyr blei auka med 6 pst. Saman med justert løyvingsbehov på grunn av færre søkjarar, gir dette ein auke i løyvinga på 17,4 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 1 572,3 mill. kroner.
Underpost 78.12 Tilskott til avløysing ved sjukdom m.m.
Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere avløysing i føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon eller veksthusproduksjon og til føretak med planteproduksjon i onneperiodar. Brukarar kan få tilskott når dei på grunn av sjukdom, fødsel eller andre særlege grunnar ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.
Grunnlaget for tilskottet blir fastsett ut frå satsar per dyr, bifolk, dekar planteproduksjon på friland og kvadratmeter veksthusareal som blir nytta til planteproduksjon. Ut frå dette blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskott per føretak. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal sats per dag per bruk.
I jordbruksoppgjeret blei maksimalt tilskott per dag auka med 150 kroner til 2 600 kroner. Det gir ein auke i løyvinga på 20,0 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 208,7 mill. kroner.
Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga
Ordninga er ei kollektiv innbetaling over jordbruksavtalen til NAV for å finansiere differansen i sjukepengar for jordbrukarar frå 80 pst. av sjukepengegrunnlaget, som andre sjølvstendige næringsdrivande får, til 100 pst. ved sjukdom ut over 16 dagar. Tilskottet blir utbetalt av NAV til jord- og skogbrukarar som oppfyller dei generelle vilkåra for utbetaling av sjukepengar. Løyvinga blir fastsett ut frå utbetalingane frå NAV og midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.
Det er prognosert ein auke i forbruket over ordninga i 2025 på 2,8 mill. kroner. Dette gir ei løyving på underposten på 40,9 mill. kroner.
Underpost 78.15 Tilskott til landbruksvikarordninga
Formålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved akutt sjukdom eller i andre krisesituasjonar. Det er eit mål at ordninga skal nå eit omfang på 240 årsverk. I jordbruksoppgjeret blei maksimal støtte per årsverk auka med 20 000 kroner per årsverk til 325 000 kroner. I tillegg blei det fastsett å gi tilskott til gjennomføring av kurs for avløysarar med inntil 1,0 mill. kroner frå ordninga. Dette gir ei løyving på underposten på 79,1 mill. kroner.
Underpost 78.16 Tilskott til tidlegpensjonsordninga
Formålet med ordninga er å bidra til eit enklare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Dei som får tidlegpensjon, kan òg få avtalefesta pensjon og arbeidsavklaringspengar, uførepensjon og etterlatnepensjon frå NAV. I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i denne ordninga, og løyving på underposten er sett til 64,0 mill. kroner.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
85 | Marknadsordninga for korn | 347 | 50 | 50 |
Sum kap. 4150 | 347 | 50 | 50 |
Post 85 Marknadsordninga for korn
Inntektene i 2023 var 347 000 kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 50 000 kroner på posten for 2025.
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
51 | Tilskott til Reindriftens utviklingsfond | 66 657 | 65 750 | 73 900 |
72 | Tilskott til organisasjonsarbeid | 7 300 | 8 100 | 8 600 |
75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast | 102 747 | 121 850 | 138 400 |
79 | Velferdsordningar, kan overførast | 3 466 | 4 300 | 4 100 |
Sum kap. 1151 | 180 170 | 200 000 | 225 000 |
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
På same måte som for tilskottsforvaltninga under kap. 1150, er det behov for tilpassingar til dei normale prosedyrane for ordningar under kap. 1151. Kostnadssenkande og direkte tilskott under post 75, og velferdsordningar under post 79, er baserte på fastsette kriterium. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar saman mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla i Totalrekneskapen for reindriftsnæringa frå Økonomisk utval for reindrifta før dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen. Rapporteringa er supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå Landbruksdirektoratet som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.
Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Det meste av dei administrative kostnadene til forvaltning av ordningane blir dekte innanfor løyvingane til Landbruksdirektoratet på kap. 1142. For å kunne ha naudsynt fleksibilitet vil det likevel vere aktuelt å dekkje kostnader til utviklings- og utgreiingsoppgåver og større evalueringar på kap. 1151.
På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom Innovasjon Norge. På desse områda har departementet klargjort ansvar og oppgåver for Innovasjon Norge. Vidare forvaltar styret for Reindriftens utviklingsfond ulike ordningar. Dette styret er partssamansett. Styret skal tildele tilskott, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat for styret.
Reindriftsavtalen
Reindriftsavtalen er ved sida av reindriftslova det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla i reindriftspolitikken. I forhandlingane om reindriftsavtalen blir dei sentrale økonomiske verkemidla drøfta, mellom anna ut frå dei behova og utfordringane næringa til kvar tid står overfor.
Nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken finst under innleiande omtale under programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak og i del III.
Reindriftslova skal gi grunnlag for ei god indre organisering og forvaltning av reindrifta. I tillegg skal reindriftsnæringa etter lova, gjennom internt sjølvstyre, sjølv spele ei aktiv rolle og ha ansvaret for at reindrifta er berekraftig. Eit sentralt verktøy i denne samanhengen er bruksreglane. For å nå måla om økologisk, økonomisk og kulturell berekraft må reintalet vere i samsvar med beitegrunnlaget, areala reindrifta kan nytte til auka produksjon og lønsemd blir tekne vare på, og tapet av rein må reduserast. Forslag til endringar i reindriftslova blei sendt på høyring sommaren 2024. Det er føreslått endringar i føresegna om erstatning, endringar som skal leggje betre til rette for det interne sjølvstyret til reindrifta, og gi reindrifta tilgang til verkemidla i jordskiftelova.
For reindriftsutøvarane som sjølvstendig næringsdrivande er det mange forhold, òg utanom reindriftsavtalen, som påverkar inntektene og den naudsynte tilpassinga det enkelte året. Årleg kalvetilgang, samla tap og slaktevekter varierer markant mellom reinbeiteområda i Noreg. Dette er skilnader som har gjort seg gjeldande over tid, og som kjem mellom anna av variasjon i rovdyrbestanden og ulike føresetnader for drift mellom områda. Utviklinga i årleg kalvetilgang, tap og slaktevekter er indikatorar for å vurdere økologisk og økonomisk berekraft i reindriftsnæringa. Tilsvarande vil talet på personar i næringa verke inn på kor mange som kan ha reindrift som hovudverksemd.
Totalrekneskapet viser ein reduksjon i resultatmåla frå 2021 til 2022. Vederlag til arbeid og eigenkapital blei redusert frå 192,1 mill. kroner i 2021 til 175,2 mill. kroner i 2022 (-17,0 mill. kroner). Vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk blei redusert frå 202 344 kroner i 2021 til 182 282 kroner i 2022. Målt per siidaandel blei vederlag til arbeid og eigenkapital redusert frå 341 807 kroner i 2021 til 311 674 kroner i 2022.
Sum produksjonsbaserte inntekter auka frå 205,7 mill. kroner i 2021 til 228,8 mill. kroner i 2022 (+23,1 mill. kroner). Kjøttinntektene auka med 15,9 mill. kroner, og den totale livdyrverdien blei redusert med 1,5 mill. kroner.
Sum tilskott auka frå 108,1 mill. kroner i 2021 til 167,3 mill. kroner i 2022 (+59,2 mill. kroner). Auken kjem i stor grad på posten ekstraordinære tilskott, som omfattar ekstraordinært tilskott til beredskap. På grunn av beitekrisa vinteren 2022, var det store utbetalingar frå denne ordninga. Erstatningane for tap av rein blei reduserte frå 107,2 mill. kroner i 2021 til 97,8 mill. kroner i 2022 (-9,5 mill. kroner), og erstatningane for arealinngrep auka frå 7,0 mill. kroner i 2021 til 10,4 mill. kroner i 2022 (+3,4 mill. kroner). Totalt sett gir dette ein auke i dei samla inntektene frå 428,1 mill. kroner i 2021 til 504,3 mill. kroner i 2022 (+76,2 mill. kroner).
Siidaandelane sine kostnader auka frå 176,3 mill. kroner i 2021 til 217,2 mill. kroner i 2022 (+40,9 mill. kroner) og felleskostnadene auka frå 37,1 mill. kroner i 2021 til 85,5 mill. kroner i 2022 (+48,5 mill. kroner). Auken må sjåast i samanheng med beitekrisa i 2022, og utbetaling av ekstraordinært tilskott til beredskap. Reinlaga sine kostnader auka frå 13,9 mill. kroner i 2021 til 15,9 mill. kroner i 2022 (+2,0 mill. kroner). I sum gir dette ein auke i dei totale kostnadene frå 227,2 mill. kroner i 2021 til 318,6 mill. kroner i 2022 (+91,4 mill. kroner). Renter på lånt kapital auka frå 8,8 mill. kroner i 2021 til 10,6 mill. kroner i 2022 (+1,7 mill. kroner).
Den 8. februar 2024 blei staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) samde om reindriftsavtalen 2024/2025. Avtalen har ei ramme på 225,0 mill. kroner. Dette er ein auke på 25,0 mill. kroner samanlikna med reindriftsavtalen 2023/2024. Reindriftsavtalen 2024/2025 fører vidare både prioriteringa av dei utøvarane som har reindrift som hovudverksemd og hovudlinene i tilskottssystemet. Det gir stabilitet for næringsutøvarane. Siidaandelar som ikkje følgjer opp vedtak om reduksjon av reintalet, har ikkje rett til tilskott frå avtalen.
Reindriftsavtalen 2024/2025 er den tredje reindriftsavtalen regjeringa Støre inngår med Norske Reindriftsamers Landsforbund. Semje i avtaleforhandlingane er avgjerande for å støtte opp om avtaleinstituttet og den hovudavtalen som er inngått mellom Landbruks- og matdepartementet og Norske Reindriftsamers Landsforbund.
Proposisjonen om reindriftsavtalen 2024/2025 blei handsama av Stortinget 19. juni 2024, jf. Prop. 98 S (2023–2024) Endringer i statsbudsjettet 2024 under Landbruks- og matdepartementet (Reindriftsavtalen 2024/2025) og Innst. 437 S (2023–2024). Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2025 i samsvar med dette.
Post 51 Tilskott til Reindriftens utviklingsfond
Formål med løyvinga
Reindriftens utviklingsfond (RUF) skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 66,7 mill. kroner på posten. Tildelinga frå reindriftsavtalen var på 59,7 mill. kroner. I tillegg blei det overført 6,9 mill. kroner frå kap. 1151, post 75 og 79 i 2023. Løyvinga la til rette for at reineigarane kunne setje i verk tiltak for å sikre dyrevelferd og framtidig produksjon. Det blei utbetalt 6,2 mill. kroner frå beredskapsfondet under Reindriftens utviklingsfond i 2023.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 73,9 mill. kroner.
Avtalepartane er samde om at løyvinga blir fordelt med:
1,5 mill. kroner til konfliktforebyggjande tiltak
8,2 mill. kroner til Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping
4,0 mill. kroner til fagbrevordninga
5,0 mill. kroner til ulike tiltak for marknadsføring
6,0 mill. kroner til pramming av rein
3,0 mill. kroner til lærings- og omsorgsbaserte tenester
0,5 mill. kroner til klassifiseringssystemet for reinkjøtt
10,0 mill. kroner til beredskapsfond
0,7 mill. kroner til kostnader beredskapsutval
3,0 mill. kroner til tilskott til frakt av slakta rein
0,35 mill. kroner til rapportering av slakta rein
3,0 mill. kroner til HMS-teneste i reindrifta
4,5 mill. kroner til tilskott til utgifter ved fôring og flytting som følgje av manglande konvensjon om reinbeite mellom Noreg og Sverige
2,0 mill. kroner til Helsetenesten for rein
5,0 mill. kroner til Rådgivingstenesten i arealsaker
1,5 mill. kroner til tilskott til distriktsplanar
0,8 mill. kroner til prosjekt mot hets og rasisme
I tillegg er avtalepartane samde om å setje av 14,9 mill. kroner som styret for Reindriftens utviklingsfond disponerer i samsvar med forskrift om Reindriftens utviklingsfond.
Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid
Formål med løyvinga
Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor, krev aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet skal medverke til at Norske Reindriftsamers Landsforbund kan delta aktivt i prosessar som er sentrale for reindrifta, og for ei utvikling av reindrifta i samsvar med dei til kvar tid vedtekne politiske mål og retningsliner i reindriftspolitikken.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 7,3 mill. kroner på posten.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 8,6 mill. kroner. Dette er ein auke på 0,5 mill. kroner samanlikna med Reindriftsavtalen 2023/2024. Auken skal leggje til rette for at Norske Reindriftsamers Landsforbund har ressursar til å følgje opp rovviltrelaterte oppgåver. Dette må òg sjåast i samanheng med løyvinga til Norske Reindriftsamers Landsforbund over Klima- og miljødepartementet sitt budsjett.
Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast
Formål med løyvinga
Dei kostnadssenkande og direkte tilskotta skal bidra til å fremje berekraft, kvalitet og produktivitet i reindrifta, heve inntekta og verke utjamnande mellom einingar i næringa.
Kostnadssenkande og direkte tilskott er sette saman av fleire ulike ordningar. Ordningane er regulerte i forskrift om tilskott til siidaandelar og reinlag, og i forskrift om tilskott til reinbeitedistrikt og reinlag.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 102,7 mill. kroner på posten.
Tilskott til reinbeitedistrikt og reinlag
Formålet med distriktstilskottet er å bidra til at reinbeitedistrikta skal kunne ta større ansvar for ei berekraftig utvikling av næringa. Det inneber å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget, medverking i utbyggingssaker for å sikre areala til reindrifta, få betre lønsemd, leggje til rette for beredskap, arbeide med helse, miljø og tryggleik, og dessutan gi høve til ferie og avløysing ved sjukdom utover ordningane i Folketrygda. I 2023 blei det utbetalt 23,8 mill. kroner i distriktstilskott.
Produksjonspremie
Formålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Grunnlaget for berekning er inntekt frå avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. For reinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Produksjonspremien skal utbetalast til leiar av siidaandelen. I 2023 var satsen for produksjonspremien 38 pst. I 2023 blei det utbetalt 46,2 mill. kroner i produksjonspremie.
Kalveslaktetilskott
Formålet med kalveslaktetilskottet er å stimulere til at ein større del av kjøttproduksjonen er basert på kalv, noko som er ressursøkonomisk gunstig. Uttak av kalv dempar presset på vinterbeita og reduserer tapa i løpet av vinteren. Eit større uttak av kalv medverkar òg til auka produktivitet fordi tilveksten på kalv er større enn tilveksten på større dyr. Det blei utbetalt 22,0 mill. kroner i kalveslaktetilskott i 2023.
Simleslaktetilskott
I Reindriftsavtalen 2022/2023 blei avtalepartane samde om eit tilskott til simleslakt som eit eingangstilskott. Formålet med tilskottet var å ta ut fleire simler enn normalt, for å redusere risikoen for CWD og andre sjukdommar. Det blei utbetalt 3,5 mill. kroner simleslaktetilskott i 2023.
Særskild driftstilskott til ungdom
Tilskottet skal støtte opp om leiarar av siidaandelar som er under 30 år, og som er i ei etableringsfase der dei byggjer opp eiga drift. I 2023 blei det utbetalt 2,1 mill. kroner i særskild driftstilskott til ungdom.
Ektefelle- og sambuartillegg
Formålet med ektefelle- og sambuartillegget er å støtte opp om den familiebaserte reindrifta, og leggje til rette for at begge ektefellar/sambuarar kan delta i drifta på like vilkår. Tilskottet kan gis til siidaandelar der begge står som leiar av siidaandelen. I 2023 blei det utbetalt 0,4 mill. kroner i ektefelle- og sambuartillegg.
Tilskott til etablering
Tilskott til etablering skal støtte opp om reindriftsutøvarar under 35 år som har fått overdrege eller fått oppretta eigen siidaandel. Det blei utbetalt 4,0 mill. kroner til tilskott til etablering i 2023.
Særskild driftstilskott til kvinner
Formålet med særskild driftstilskott til kvinner er å støtte opp om kvinnelege leiarar av siidaandel som har reindrift som hovudnæring. Det blei utbetalt 0,7 mill. kroner i 2023.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 138,4 mill. kroner.
Avtalepartane er samde om at løyvinga blir fordelt med:
37,1 mill. kroner til tilskott til reinbeitedistrikt og reinlag
56,3 mill. kroner til produksjonspremie
35,7 mill. kroner til kalveslaktetilskott
2,2 mill. kroner til særskild driftstilskott til ungdom
5,2 mill. kroner til tilskott til etablering
0,8 mill. kroner til ektefelle- og sambuartillegg
1,1 mill. kroner til særskild driftstilskott til kvinner
Post 79 Velferdsordningar, kan overførast
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å sikre gode velferdsordningar for reindriftsnæringa. Posten omfattar innbetaling av medlemsavgift til Folketrygda og sjukepengeordninga. Posten omfattar òg tidlegpensjon og ei ordning for tilskott til leigd hjelp ved svangerskap, fødsel, adopsjon og dødsfall.
Sjølvstendig næringsdrivande får sjukepengar som svarar til 80 pst. av inntektsgrunnlaget. Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen gjer det mogleg for reindriftsutøvarar å få sjukepengar som svarar til 100 pst. av inntektsgrunnlaget ved sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir òg dekte med 100 pst. av inntektsgrunnlaget.
Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 3,5 mill. kroner på posten. Av dette blei 2,0 mill. kroner utbetalt til tidlegpensjon for reineigarar, 0,9 mill. kroner til tilskott til leigd hjelp og 0,5 mill. kroner til sjukepengeordninga.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,1 mill. kroner.
Avtalepartane er samde om at løyvinga blir fordelt med:
2,3 mill. kroner til tidlegpensjon
1,3 mill. kroner til tilskott til leigd hjelp
0,5 mill. kroner til andre velferdsordningar (sjukepengar)
Kap. 1152 Bionova
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
70 | Tilskott til bioøkonomi og klimatiltak i jordbruket | 37 384 | 171 184 | 173 247 |
Sum kap. 1152 | 37 384 | 171 184 | 173 247 |
Post 70 Tilskott til bioøkonomi og klimatiltak i jordbruket
Formål med løyvinga
Regjeringa har følgt opp Hurdalsplattforma sine ambisjonar og oppretta Bionova i 2023 som ei eining under Innovasjon Norge. Bionova er eit verktøy for å nå Noregs klimamål for 2030 og målet om å vere eit lågutsleppssamfunn i 2050 ved å bidra til reduserte klimagassutslepp og auka karbonopptak og -lagring. Bionova skal òg bidra til auka verdiskaping gjennom overgang til ein meir sirkulær bioøkonomi basert på fornybare ressursar frå hav og land. Bionova skal ha to delmål;
Reduksjon av klimagassutslepp og auka opptak og lagring av karbon i jord på gardsnivå, og
Auka verdiskaping gjennom ein meir ressurseffektiv og sirkulær bioøkonomi.
Formålet med løyvinga er drift av Bionova, og aktivitet innanfor Bionova sitt virkeområde.
Bionova sin portefølje omfattar Bioøkonomiordninga og Verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling i landbruket.
Rapportering 2023
I 2023, som var Bionovas første år, blei det nytta 37,4 mill. kroner på posten. Prosjekta som får støtte frå Bionova er i stor grad fleirårige utviklingsprosjekt der heile tilsegnsbeløpet først kjem til utbetaling etter 1–3 år.
Løyvinga til Bionova i 2023 var 89,4 mill. kroner og posten hadde òg ei tilsegnsfullmakt på 130,0 mill. kroner. Innanfor posten si ramme (løyving og tilsegnsfullmakt) blei det i 2023 gitt tilsegner på 184,3 mill. kroner, fordelt på 276 prosjekt. Av dette blei 140,4 mill. kroner løyvd til 52 utviklingsprosjekt i biobaserte verdikjeder i Bioøkonomiordninga. Grunna stor etterspørsel og lange ventelister på tilskott frå verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologi i landbruket, blei det innvilga 44,1 mill. kroner til 225 fornybare energianlegg. Ramma gjekk og til å dekkje Bionova sine kostnader til administrasjon og gjennomføring.
Innovasjon Norge viser til at prosjekta i Bioøkonomiordninga som fekk innvilga støtte i 2023, treff breitt i verdikjedane innan jord-, skog- og havbruk. Ein gjennomgåande tematikk for dei sirkulære prosjekta er utvinning av næringsstoff i biorest, fiskeslam og spillvatn til nye bruksområde eller innsatsfaktorar til mat, fôr, gjødsel og energi. Innan skog- og trebruk er merksemda på ombruk og gjenbruk av trevirke og sidestraumar til ny eller eksisterande produksjon. Koplinga mellom blå og grøn sektor er viktig for å utnytte bioressursar, industrielle symbiosar og sidestraumar på tvers av verdikjedane på ein berekraftig måte.
Prosjekta som omhandlar utnytting av biologiske ressursar på land, omfattar prosjekt innan agritech, biogassproduksjon med utvikling av jord og gjødselprodukt frå biorest, bioteknologi til produksjon av mat og emballasje. Det blei samla innvilga 65,8 mill. kroner til desse føremåla der eit tilskott på 40 mill. kroner til utvikling av biogassanlegg og gjødselproduksjon på Sømna, gir stort utslag i statistikken. Innan havbruk og fiskeri blei det i 2023 innvilga 34,9 mill. kroner fordelt på 15 prosjekt. Prosjekta fordeler seg på tema innan teknologiutvikling for å redusere utslepp og auke utnyttinga av bioressursar, utnyttinga av restråstoff frå oppdrettsnæring – fiskeslam, ensilasje og spillvatn, og utvikling av produkt frå sidestraumar eller nye råvarer til mat. Innanfor skog- og trenæringa blei det innvilga 39,7 mill. kroner fordelt på 20 prosjekt. Prosjekta fordeler seg på konsept innan bygg i tre – påbygg i høgda og bygningselement, foredling og ombruk av restråstoff og returtrevirke. Det er også støtta prosjekt som gjeld digitaliseringsplattformer for å leggje til rette for auka samhandling, auka ombruk og gjenbruk, redusert avfall og utslepp i bransjen.
Våren 2024 leverte Oxford Research ei evaluering av Bionova og ordningane under Bionova. Evalueringa vurderte både resultat og måloppnåing for eksisterande ordningar, i tillegg til å komme med vurderingar om behov for endringar framover i tid sett opp mot Bionova sine mål. Evalueringa peika på at begge ordningane som dannar grunnlaget for Bionova i dag fungerer godt, og at det sosioøkonomiske rasjonale er på plass, i tillegg til at det er godt samsvar mellom kva som blitt tilbydd gjennom ordningane og Bionova sine mål. Evalueringa peikar vidare på at det var eit godt grep å leggje Bionova til Innovasjon Norge, då dette gir moglegheit for effektiv koordinering og utnytting av synergiar. Tilrådinga for framtidig innretning av Bionova omfattar ei meir aktiv marknadsføring av Bionova, meir strategisk utvikling, styrking av samarbeidet mellom dei andre verkemiddelaktørane og etablering av eit system for dokumentering av klima- og miljøeffektar av støtta som blir gitt fra Bionova.
Det er òg etablert eit rådgivande porteføljestyre for Bionova, der mellom anna næringsorganisasjonane innan jordbruk, skogbruk og fiskerisektoren er representerte, i tillegg til enkeltaktørar innan bioøkonomien og aktørar med miljø- og klimafagleg kompetanse. Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet deltek som observatørar. Porteføljestyret vil vere sentralt i oppfølginga av evalueringa og vidare strategisk arbeid med Bionova.
For Innovasjon Norge har den overordna administrative merksemda i 2023 vore knytte til opprettinga av Bionova, i tillegg til mobilisering for å dekkje eit stort informasjonsbehov blant aktuelle aktørar. I tillegg blei det lagt vesentleg ressursinnsats i arbeidsgruppa for utforming av samfunnsoppdraget på berekraftig fôr.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 173,2 mill. kroner.
Løyvinga skal i 2025 nyttast til drift av Bionova og aktivitet innanfor Bionova sin portefølje. Det er behov for verkemiddel både innan omlegging til fornybar energi og innfasing av ny teknologi i jordbruket, og verkemiddel som skal byggje opp under verdikjeder for mellom anna fôr, gjødsel og gjenbruk og smarte løysingar for ein effektiv matproduksjon. Ei ramme for tilsegn på 10,0 mill. kroner skal nyttast til utvikling av norsk biodrivstoffproduksjon.
For å ta omsyn til ansvar for allereie innvilga, men ikkje utbetalte tilsegn i bioøkonomiordninga, er det knytt ei tilsegnsfullmakt til posten på 309 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak IV.
I tillegg til løyvinga på 173,2 mill. kroner til Bionova på dette budsjettkapittelet, vil løyvinga til verdiskapingsprogrammet for fornybar energi og teknologiutvikling over kap. 1150, post 50, på 237 mill. kroner inngå i det samla budsjettet for Bionova. Samla løyving som Bionova forvaltar blir med det 410,2 mill. kroner for 2025. Løyvinga til Bionova må også sjåast i samanheng med løyvingane til samfunnsoppdrag for berekraftig fôr.
Kap. 1161 Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
70 | Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver | 15 265 | 15 831 | 16 250 |
75 | Oppsyn i statsallmenningar | 17 326 | 17 969 | 18 443 |
Sum kap. 1161 | 32 591 | 33 800 | 34 693 |
Post 70 Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje dei kostnadene Statskog SF har med delegerte styresmaktoppgåver og sektorpolitiske oppgåver, slik dei går fram av ei avtale mellom Statskog SF og Landbruks- og matdepartementet. Avtalen gjeld dei oppgåvene Statskog SF utfører på statens grunn på oppdrag frå departementet, og som ikkje er del av Statskog SF si forretningsdrift.
Innanfor skogbruket følgjer oppgåvene av lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift mv. i statsallmenningane, og oppgåvene er særleg knytte til utvising av virke i statsallmenningar til bruksrettshavarar. Vidare utfører Statskog SF oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt, handsamar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og statsallmenningslova. I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene, har Statskog SF ei rekkje oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningsliner frå departementet. Statskog SF skal vere til stades på eigedommane og ha oppsyn og kontakt med brukarane av areala. Statskog SF har eit eige feltapparat, Fjelltenesta, som driv naturoppsyn og tilrettelegging på statsgrunn utanom statsallmenningane. Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest kan drive eit aktivt friluftsliv på areala til føretaket. Som ledd i dette arbeidet held føretaket opne husvære i fjellet, merkar stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebryggjer.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 15,3 mill. kroner på posten.
Bruken av midlane er fordelt mellom oppgåver på statsallmenningsgrunn, oppsyn og brukarkontakt utanom statsallmenningar og ulike tiltak som gjeld all statsgrunn.
Oppgåver på statsallmenningsgrunn
Rekneskapen viser at det blei brukt om lag 2,7 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane i 2023.
Den samla avverkinga i statsallmenningane med virkesrett var på 6 600 kubikkmeter. Det blei utført skogkultur i statsallmenningane for 958 000 kroner. Det blei planta på om lag 158 dekar og utført ungskogpleie på om lag 1 000 dekar. Skogbruksplanar er oppdaterte i alle statsallmenningar som skal ha plan. Det er utført miljøregistreringar i dei fleste statsallmenningane.
Oppsyn og brukarkontakt utanom statsallmenning
Rekneskapen viser at det blei brukt 5,9 mill. kroner til oppsyn utanom statsallmenningane i 2023.
Oppsynet rettar seg mot førebyggjande verksemd, ordinært oppsyn, vedlikehald og skjøtsel av areala, og skal mellom anna avdekkje og førebyggje ulovleg aktivitet, bidra til sikker ferdsel i fjellet og informere om lovleg og fornuftig åtferd.
Statskog SF Fjelltenesta leverte 4 638 timar til oppsyn og brukarkontakt i Nordland og Troms. Registringar viser at oppsynet var i kontakt med og informerte og kontrollerte om lag 1 400 brukarar av utmarka i 2023. Samla sett blei om lag 20 personar melde for ulovleg motorferdsel, ulovlege bygg o.a.
Ulike friluftslivstiltak på all statsgrunn
Det blei brukt om lag 5,6 mill. kroner på arbeidet med tilrettelegging for friluftsliv i 2023.
Midlane er i hovudsak brukte til kontroll, drift og vedlikehald av opne buer, bruer, andre tilrettelagte anlegg og informasjon. Arbeidet med brannsikring av dei opne husværa held fram.
Andre oppgåver
Rekneskapen viser at det blei brukt 1,1 mill. kroner på andre oppgåver.
Etter at Riksantikvaren i 2017 vedtok å frede 20 lokalitetar med kulturhistoriske eigedommar i Statskog SFs eige, er det gjennomført synfaring og registrering av bygningar i regionane Troms, Helgeland, Midt-Noreg og Sør-Noreg. Arbeidet gir grunnlag for forvaltningsplanar der vedlikehaldsarbeid og særskilde rehabiliteringstiltak inngår.
Det aller meste av Statskog SFs areal i Trøndelag og Nord-Noreg ligg innanfor det samiske reinbeiteområdet. Statskog SF legg vekt på god dialog og godt samarbeid med næringa. Arbeidet med vidare kartlegging av reindrifta sine anlegg på statsgrunn heldt fram.
Statskog SF deltek i Norge digitalt, for å sikre tilgang til kartdata som trengst for å kunne utføre oppgåvene sine.
Grunneigarfondet
Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av eit fond for grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Hovuddelen av inntektene kjem frå festekontraktar i statsallmenningane.
Bruken av grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Inntektene skal nyttast til å dekkje utgifter til administrasjon av statsallmenningane og til støtte til ein fellesorganisasjon for fjellstyra (Norges Fjellstyresamband). Fondet skal òg nyttast til tiltak i statsallmenningane med sikte på verdiskaping og lønsame arbeidsplassar.
Inntektene i grunneigarfondet var i 2023 på 57,6 mill. kroner, mot 38,6 mill. kroner i 2022. Kostnadene i 2023 var på 32,0 mill. kroner. Tilskottet til Norges Fjellstyresamband var på 4,0 mill. kroner i 2023, og det blei gitt 8,0 mill. kroner i tilsegn om tilskott til tiltak i statsallmenningane. Resultatet for 2023 blei på 27,7 mill. kroner. Behaldninga i grunneigarfondet var 31. desember 2023 på 53,2 mill. kroner. Det tilsvarande talet i 2022 var 31,5 mill. kroner.
Allmenningsfond
Allmenningsfond i statsallmenningar med virkesrett blir forvalta av Statskog SF og det enkelte allmenningsstyret i fellesskap. Allmenningsfond er delt i tre delar: éin del som skal dekkje investeringar i skogen i allmenningen og dekkje virkesretten der han blir utøvd ved fellesdrift, éin del som er skogfond etter skogbrukslova, og éin del som er erstatningar for vern. Allmenningsfonda var 31. desember 2023 på 166,2 mill. kroner. Av det utgjer erstatning for vern av skog 115,5 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 16,3 mill. kroner til myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn.
Oppgåver knytte til skogbruk i statsallmenningar omfattar planlegging og gjennomføring av arbeidet med utvising av virke til dei som har bruksrett, utarbeiding av skogbruksplanar, miljøregistreringar i skog, landskapsplanar og anna. Også i 2025 skal Statskog SF prioritere takseringar og miljøregistreringar av skogen i statsallmenningane.
Statskog SF Fjelltenesta skal halde fram med å føre tilsyn på statsgrunn, utanom statsallmenning, gjennom oppsyn, nærvær og brukarkontakt. Prioriterte oppgåver er førebyggjande arbeid gjennom informasjon og rettleiing om regelverket, og trygg og sikker ferdsel i fjellet. Fjelltenesta skal yte bistand og delta på redningsaksjonar der politiet ønskjer slik bistand. Oppgåvene til Fjelltenesta krev nærvær i store fjell- og utmarksområde. I gjennomføringa av oppgåvene er Statskog SF avhengig av å nytte motoriserte framkomstmiddel.
Statskog SF skal i 2025 halde fram med å leggje til rette for bruk av og tilgang til areala for allmenta. Vedlikehald av eksisterande anlegg og trygg ferdsel for dei som ferdast i statens utmark skal ha høg prioritet. Det er behov for tilsyn, vedlikehald og drift av opne husvære for allmenta. Moglege samarbeidsprosjekt og tilretteleggingstiltak i samband med Friluftslivets år 2025, skal ha høg prioritet. Arbeidet med kartlegging og statusgjennomgang av reindriftsanlegg på statsgrunn vil halde fram. Statskog SF vil også halde fram arbeidet med forvaltningsplanar og tiltak i tråd med desse for verna bygningar i føretaket sitt eige.
Post 75 Oppsyn i statsallmenningar
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje delar av kostnadene ved oppsynet fjellstyra fører i statsallmenningane. Etter § 36 i fjellova kan fjellstyra tilsetje oppsyn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynet mottek løn av fjellkassa. Når tilsetjinga av oppsyn skjer i samsvar med oppsynsordninga som departementet har godkjent, og innanfor årlege budsjett, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønsutgiftene på denne posten. Ordninga skal leggje til rette for å sikre samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit særleg ansvar. Forvaltninga av ordninga er delegert til Statskog SF. Fjellstyret gir ein instruks for oppsynstenesta, som blir godkjend av Statskog SF.
Rapportering 2023
Det blei i 2023 nytta 17,3 mill. kroner på posten.
Statskog SF har fordelt midlane på grunnlag av budsjett, rekneskap og rapportering frå fjellstyra, etter ein nøkkel som mellom anna kjem samarbeidsordningar og små fjellstyre til gode. 62 av 93 fjellstyre fekk tilskott i 2023.
Fjelloppsynet hadde 68 årsverk i 2023. Av dei er 50 årsverk brukte til oppgåver som gir rett til tilskott.
Om lag 44 pst. av tilskottet er brukt på arbeid i felt knytt til oppsyn og skjøtsel, mens dei resterande midlane er brukte til sakshandsaming og anna innearbeid som gir rett til tilskott. Delen brukt til oppsyn er gått noko ned frå 2022.
Talet på kontrollar var om lag 5 600 i 2023. Det er rapportert om 74 ulovlege forhold. Dette er noko lågare enn i 2022, og samtidig mykje lågare enn det nivået var tidleg på 2000-talet.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 18,4 mill. kroner. Løyvinga på posten gir grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet. Løyvinga skal leggje til rette for eit profesjonelt oppsyn, god kontakt med brukarane og at det er aktivitet i statsallmenningane. Oppsyn i statsallmenningar skjer gjennom både fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet SNO fører. Den lokale forankringa og kunnskapen fjelloppsynet har, styrkjer det samla oppsynet. Det er naudsynt med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og SNO.
Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
70 | Forskingsavgift på landbruksprodukt | 228 180 | 225 000 | 240 000 |
72 | Jeger- og fellingsavgifter | 93 000 | 96 000 | 97 500 |
Sum kap. 5576 | 321 180 | 321 000 | 337 500 |
Post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje forsking innanfor produksjon av nærings- og nytingsmiddel, i tillegg til produksjon av fôrkorn til husdyr. Sjå motsvarande inntektspost kap. 1137, post 54, for meir utfyllande omtale.
Rapportering 2023
Inntektene i 2023 blei 228,2 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 240 mill. kroner i 2025.
Det er uvisse knytt til dei endelege inntektene frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, og departementet gjer difor framlegg om ei meirinntektsfullmakt mellom kap. 5576, post 70, og kap. 1137, post 54, jf. framlegg til vedtak II.
Post 72 Jeger- og fellingsavgifter
Formål med løyvinga
Jeger- og fellingsavgiftene som blir betalte inn til Viltfondet, blir inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.
Posten dekkjer utgifter under kap. 1140. I tillegg dekkjer posten nokre av utgiftene til forvaltning av ordninga under kap. 1142, post 01, og nasjonal jaktstatistikk i SSB på kap. 1620, post 01.
Direktoratsansvaret for dei haustbare viltressursane, under dette også ansvaret for Viltfondet, blir frå 1. januar 2025 flytta frå Miljødirektoratet til Landbruksdirektoratet, jf. omtale også under kap. 1142, post 01.
Rapportering 2023
Inntektene blei 93,0 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2025
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 97,5 mill. kroner. Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til Viltfondet i 2024 og 2025, jf. omtale av fondet nedanfor.
Mål
§ 40 i viltlova fastset at
«den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastset», og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort.»
Gjennom handsaminga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget retningslinene for bruken av midlane i Viltfondet. Av retningslinene går det mellom anna fram:
«Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.»
Det er ein føresetnad for den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde ovanfor, at om lag halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta, og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein, skal nyttast i villreinforvaltninga.
Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt, som er vilt som døyr av andre årsaker enn ordinær jakt.
Kommunane krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort, og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein, er det etablert ei tilsvarande ordning der midlar frå innbetalte avgifter frå året før blir førte tilbake til det enkelte villreinområdet.
Jeger- og fellingsavgiftene blei sist endra i 2023, og departementet gjer difor framlegg om å justere avgiftene i 2025. Satsane for dei ulike avgiftene går fram av tabell 5.12.
Oversikta i tabell 5.12 viser òg inntektene for kommunane i 2025, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. For kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.
Tabell 5.12 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter, 2025 (i kroner)
Type avgift | Storleiken på avgifta i 2025 | Estimert tal på innbetalingar | Venta innbetalt totalbeløp | Inntektsført |
---|---|---|---|---|
Jegeravgift generelt | 420 | 185 000 | 77 700 000 | Viltfondet |
Jegeravgiftstillegg hjortevilt | 120 | 120 000 | 14 400 000 | Viltfondet |
Ekstraavgift ved manglande levering av jaktstatistikk1 | 260 | 13 400 | 3 484 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift vaksen rein | 370 | 2 200 | 814 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift reinkalv | 210 | 1 200 | 252 000 | Viltfondet |
Sum statlege avgifter | 96 650 000 | Viltfondet | ||
Fellingsavgift vaksen elg | 670 | 16 250 | 10 887 500 | Kommunane |
Fellingsavgift elgkalv | 400 | 9 800 | 3 920 000 | Kommunane |
Fellingsavgift vaksen hjort | 520 | 35 700 | 18 564 000 | Kommunane |
Fellingsavgift hjortekalv | 310 | 16 800 | 5 208 000 | Kommunane |
Sum kommunale avgifter | 38 579 500 | Kommunane |
1 Innkrevjing skjer etterskottsvis i 2025 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2023/2024.
For 2025 er det budsjettert med eit kapitaluttak for å få kapitalen på eit formålstenleg nivå. Kapitaluttaket og inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabell 5.13.
Tabell 5.13 Berekning av kapital i Viltfondet, 2025 (i 1 000 kroner)
Saldo 31.12.23 | 2 583 | |
+ | Budsjettert innbetalt i 20241 | 91 000 |
- | Budsjettert overføring til statsbudsjettet i 2024 (utbetalingar frå fondet) | 90 000 |
= | Budsjettert saldo 31.12.24 | 3 583 |
+ | Budsjettert innbetalt i 20252 | 97 510 |
- | Budsjettert overføring til statsbudsjettet i 2025 (utbetalingar frå fondet) | 97 500 |
= | Budsjettert saldo 31.12.25 | 3 593 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,8 mill. kroner og fallviltinntekter på 0,06 mill. kroner.
2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,8 mill. kroner og fallviltinntekter på 0,06 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Landbruksdirektoratet forvaltar frå 1. januar 2025 Viltfondet på vegner av Landbruks- og matdepartementet, og er ansvarleg for administrasjon og føring av rekneskapen for fondet. Utgiftene i statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet det same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.
Inntektene på kap. 5576, post 72, finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvaltning og drift av Jegerregisteret på kap. 1140, post 01, 21 og 71. Inntektene finansierer òg utgifter til forvaltning av fondet, forvaltning av fondsmidlane og tilskottsforvaltning i Landbruksdirektoratet på kap. 1142, post 01, og nasjonal jaktstatistikk i SSB på kap. 1620, post 01. Planlagd bruk av inntektene går fram av tabell 5.14.
Tabell 5.14 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2025 (i 1 000 kroner)
Formål | |||
---|---|---|---|
Drift av villreinnemndene, drift av Jegerregisteret og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltning (kap. 1140, post 01) | 14 129 | ||
+ | Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet | 1 591 | |
+ | Prosjekt, FoU, overvakingsprogram, sentrale fallviltutgifter m.m. (kap. 1140, post 21) | 33 183 | |
+ | Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet | 2 852 | |
+ | Hjortevilttiltak, særskilde villreintiltak, lokale vilttiltak, viltovervaking (kap. 1140, post 71) | 38 578 | |
+ | Forvaltning i Landbruksdirektoratet (kap. 1142, post 01) | 4 467 | |
+ | Midlar til nasjonale statistikkoppgåver i SSB som er førte under Finansdepartementet (kap. 1620, post 01) | 2 700 | |
= | Totalsum | 97 500 |
Særskild om hjortevilt og fallvilt
Det er kommunane som har primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for fallvilt. Det er òg nasjonale oppgåver innanfor desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom eit tillegg til jegeravgifta for hjorteviltjegerar. På denne måten medverkar hjorteviltjegerane til finansieringa av naudsynte nasjonale oppgåver.
Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er budsjetterte under kap. 1140, post 21, Spesielle driftsutgifter. For dei artane der fallviltet har ein salsverdi, blir fallviltet omsett til inntekt for Viltfondet.
Programkategori 15.40 Forretningsdrift
Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 | Endring i pst. |
4162 | Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap | 10 000 | 10 000 | 10 000 | 0,0 |
5652 | Statskog SF – renter og utbytte | 117 868 | 34 400 | 43 800 | 27,3 |
Sum kategori 15.40 | 127 868 | 44 400 | 53 800 | 21,2 |
Landbruks- og matdepartementet forvaltar statens eigarinteresser i statsføretaket Statskog SF, og i aksjeselskapa Graminor AS og Kimen Såvarelaboratoriet AS. Selskapa er omtalte i Meld. St. 6 (2022–2023) Et grønnere og mer aktivt statlig eierskap – Statens direkte eierskap i selskaper, og er der plasserte i kategori 2; selskap med mål om berekraftig og mest mogleg effektiv oppnåing av sektorpolitiske mål.
Det er berre for Statskog SF det blir budsjettert med utbytte for 2024, jf. kap. 5652 Statskog SF renter og utbytte.
Statskog SF
Mål- og strategiar
Statskog SF forvaltar om lag ein femdel av landarealet i Noreg. Statskog SF er den største skogeigaren i landet med om lag 7 pst. av det samla skogarealet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 26 mill. dekar) statsallmenning, der eigedommar med allmenningsrett har rett til å få vist ut tømmer og ved, beite og seter.
Statskog SF er ein desentralisert organisasjon. Hovudkontoret ligg i Namsos, men føretaket har 18 kontor rundt om i landet. Lokal kunnskap er naudsynt i forvaltninga av ressursane, og føretaket legg vekt på å vere til stades på areala dei eig. Statskog SF har etablert kontor på Røros, og har utvida sitt feltapparat, Fjelltenesta, til òg å dekkje område i Sør- og Midt-Noreg. Statskog SF er med sin kompetanse og si erfaring innanfor skog- og utmarksområdet ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette, og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF òg drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.
Statskog SF hadde i 2023 eit resultat etter skatt på 244,1 mill. kroner.
Skogbruk er normalt det mest sentrale forretningsområdet til Statskog SF og utgjorde om lag 26 pst. av bruttoinntektene i 2023. Dette er om lag på same nivå som i 2022. Statskog SF har som mål å utnytte skogproduksjonen som grunnlag for verdiskaping og høge skogverdiar. Skogbruket i Statskog SF rettar seg mellom anna etter Norsk PEFC Skogstandard for eit berekraftig skogbruk. I 2023 var den samla hogsten på 276 000 kubikkmeter tømmer. Statskog SF ventar at avverkinga framover vil liggje lågt i ein periode på grunn av mindre tilgjengeleg hogstmoden skog, før avverkinga igjen kan auke på lengre sikt.
Grunngivinga for statens eigarskap i føretaket er å ha kontroll over skog- og utmarksareal i tillegg til å sikre berekraftig forvaltning av statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, medrekna å leggje til rette for allmenta sitt behov for jakt-, fiske- og friluftstilbod med vidare. Statens mål som eigar er berekraftig forvaltning av areala, gjennom effektiv drift og tilfredsstillande resultat over tid.
Departementet si styring, oppfølging og kontroll av Statskog SF
Departementet si styring og kontroll av Statskog SF følgjer reglane i lov om statsføretak og vedtektene til føretaket. Alle avgjerder frå eigaren som er bindande for styret i føretaket, skjer som vedtak i føretaksmøte. Det ordinære føretaksmøtet i Statskog SF er i juni, og utover dette blir det kalla inn til ekstraordinært føretaksmøte når det trengst.
Spørsmål om korleis føretaket handsamar myndigheita som er delegert gjennom fjellova og allmenningslova, ligg utanfor sjølve eigarstyringa og blir handtert gjennom eigne kontaktmøte og tildelingsbrev, jf. kap. 1161.
Departementet har kontakt med og får informasjon frå føretaket i aktuelle saker. Det er regelmessige kontaktmøte mellom departementet og Statskog SF om mellom anna Statskog SFs framlegging av kvartalsresultat. Økonomien i verksemda og sentrale hendingar blir gjennomgåtte på kontaktmøta og på ordinært føretaksmøte.
Graminor AS
Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet tek imot lisens- og foredlaravgift ved omsetnad av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og tilskott, jf. omtale under kap. 1150, post 77.
Staten eig 34 pst. av aksjane i selskapet. Av dette forvaltar departementet 28,2 pst., mens Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Norges miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) forvaltar høvesvis 5 pst. og 0,8 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene i planteforedling og oppformeiring av plantemateriale i Noreg.
Graminor AS hadde i 2023 ein omsetnad på 82,7 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 2,0 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte for 2023.
Graminor AS har utarbeidd ein strategi for verksemda som blei vedteken i 2020, og som er lagd til grunn for drifta av selskapet. I strategien er verksemda presentert som ei forretningsmessig verksemd basert på planteforedling, representasjon og prebasisproduksjon og planteforedling på vegner av staten. I strategien til verksemda er det lagd til grunn ein langsiktig utbyttepolitikk basert på stabilitet og på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet. Det er difor ikkje budsjettert med utbytte for 2024.
Grunngivinga for statens eigarskap er å ha ein aktør som driv planteforedling tilpassa norsk og nordisk klima. Statens mål som eigar er mest mogleg kostnadseffektiv utvikling, produksjon og sal av plantemateriale til jord- og hagebruksnæringa, tilpassa norske og nordiske vekstforhold.
Kimen Såvarelaboratoriet AS
Kimen Såvarelaboratoriet AS (Kimen) er Noregs kompetansesenter på frøkvalitet og frøanalysar og nasjonalt referanselaboratorium for såvareanalysar. Selskapet har bygt opp kompetansen sin gjennom over 130 år, og blei i 2004 omdanna til aksjeselskap. Staten eig 51 pst. av aksjane, Felleskjøpet Agri SA eig 34 pst. og Strand Unikorn AS eig 15 pst. Grunngivinga for statens eigarskap er å ha ein norsk aktør innanfor frøkvalitet og frøanalysar. Statens mål som eigar er mest mogleg ressurseffektiv såvareanalyse av frø og såkorn i Noreg.
Kimen hadde i 2023 ein omsetnad på 15,6 mill. kroner og eit negativt resultat på 40 000 kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte for 2023, og det er ikkje budsjettert med utbytte for 2024.
Styret for Kimen utarbeidde ein ny strategi for selskapet i 2020 med ein plan for berekraftig verdiskaping. Hovudstrategien er å vere eit nasjonalt kompetansesenter innan såvarekvalitet og såvareanalysar. Kimen skal levere kostnadseffektive produkt og tenester til såvarebransjen, forvaltninga og andre aktørar i marknaden. Ein solid eigenkapital og vedlikehald av kompetanse vil difor framleis vere naudsynt dei kommande åra.
Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
90 | Avdrag på lån | 10 000 | 10 000 | 10 000 |
Sum kap. 4162 | 10 000 | 10 000 | 10 000 |
Post 90 Avdrag på lån
I samband med Statskog SFs kjøp av AS Meraker Brug til ein pris på 2,65 mrd. kroner, jf. Prop. 6 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF), løyvde Stortinget 300,0 mill. kroner til eit statleg lån til Statskog SF. Det er gjort greie for vilkåra for lånet i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023. Lånet blei betalt ut i november 2022, og skal betalast ned innan november 2037, med eit minimumsavdrag årleg på 10,0 mill. kroner. For 2025 blir det budsjettert med eit avdrag på 10,0 mill. kroner. Statskog SF står fritt til å betale større avdrag.
Kap. 5652 Statskog SF – renter og utbytte
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2023 | Saldert budsjett 2024 | Forslag 2025 |
80 | Renter | 15 068 | 11 400 | 14 800 |
85 | Utbytte | 102 800 | 23 000 | 29 000 |
Sum kap. 5652 | 117 868 | 34 400 | 43 800 |
Vedrørande 2024: Ved Stortingets vedtak av 21. juni 2024 blei post 85 auka med 160,1 mill. kroner, jf. Prop. 106 S (2023–2024) og Innst. 447 S (2023–2024).
Post 80 Renter
I samband med Statskog SFs kjøp av AS Meraker Brug til ein pris på 2,65 mrd. kroner, jf. Prop. 6 S (2022–2023) Endringer i statsbudsjettet 2022 under Landbruks- og matdepartementet (kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF), løyvde Stortinget 300,0 mill. kroner til eit statleg lån til Statskog SF.
Det er gjort greie for vilkåra for lånet i Prop. 118 S (2022–2023) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2023.
Landbruks- og matdepartementet forventar at Statskog vil betale om lag 14,8 mill. kroner i rente for 2025. Eksakt beløp vil avhenge av utviklinga i pengemarknadsrenta og storleik på og tidspunkt for innbetaling av avdrag. Avdrag på lånet er omtalt under Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap.
Post 85 Utbytte
Utbytte frå føretaket for 2024 blir sett til 75 pst. av årsresultatet etter skatt.
Prognosen for årsresultatet etter skatt for 2024 er på 39,0 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om eit ordinært utbytte for 2024 på 29,0 mill. kroner. Endeleg framlegg til ordinært utbytte vil bli fastsett og betalt ut når årsresultatet for 2024 ligg føre. Vedtak om utbytte for 2024 blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2025.
Fotnotar
Riksrevisjonen, forsvarskommisjonen og totalberedskapskommisjonen
Tilskottsramma er ramma som blir avsett til løyving av tilskott til ordningane i fondet.
I samband med inndraginga av tilskottsrammer blei samstundes tilskottsramma for drenering auka med 20 mill. kroner som følgje av stor pågang etter dreneringstilskott.