Del 1
Innleiande del
1 Hovudmål og politiske prioriteringar
Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) har eit overordna ansvar for familie og samliv, oppveksten og levekåra til barn og unge, barnevern, likestilling, ikkje-diskriminering og forbrukarinteresser.
Regjeringa har som mål å sikre trygge rammer for familiane og for oppveksten til barna. Regjeringa vil at alle barn og unge skal kunne delta i samfunnet, uavhengig av bakgrunnen og livssituasjonen til foreldra eller kvar i landet dei bur. At barn og unge får høve til å delta og ha innverknad både i samfunnet og i eigne liv, er viktig.
Barn og ungdom skal ha trygge og gode liv. Ingen barn skal oppleve vald og overgrep. Vald og overgrep i nære relasjonar er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Omfattande tiltak er sette i verk i denne regjeringsperioden, men det er framleis utfordringar på dette feltet. Regjeringa vil vidareføre det viktige arbeidet som er sett i gang, og setje i verk ei rekkje tiltak, jf. Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017). Den samla satsinga frå saldert budsjett 2017 til tiltak i opptrappingsplanen blir i 2018 vidareført med om lag 530 mill. kroner. I 2018 føreslår regjeringa å auke satsinga ytterlegare. Regjeringa vil mellom anna styrkje arbeidet politiet driv mot internettrelaterte overgrep mot barn, og styrkje barnehusa. Vidare vil regjeringa styrkje kapasiteten og kompetansen i politiet til etterforsking i saker om vald og overgrep mot barn.
Den historiske satsinga på familievernet under denne regjeringa har auka kapasiteten i tenesta. I 2018 skal det arbeidast vidare med å styrkje tilbodet til valdsutsette barn og familiar og til unge og vaksne valdsutøvarar. Departementet vil halde fram arbeidet med å gi fleire barn tilbod om å møte til samtale når foreldra er i mekling, og arbeider for at fleire skal nytte tilbodet. Vidare vil departementet sikre at foreldre i høgkonflikt får god hjelp til å løyse konfliktane sine til det beste for barna.
Dei fleste barn i Noreg veks opp i trygge familiar med gode økonomiske vilkår. Samstundes er det familiar som fell utanfor på grunn av dårlege levekår, svak økonomi eller begge delar. Delen barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt, auka i perioden 2013–2015. Det er naudsynt med ein brei og samordna innsats for å motverke at barn veks opp i familiar med vedvarande låginntekt. Det er utarbeidd indikatorar slik at kommunane skal få meir kunnskap om desse familiane. I 2018 skal ei rettleiing og andre pedagogiske verktøy kommunane kan nytte i arbeidet mot barnefattigdom, vere ferdige. Tilskotsordningar for ferie- og fritidstiltak er styrkte. Løyvinga til Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom er på eit historisk høgt nivå med dette budsjettforslaget.
Alle barn i Noreg som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få naudsynt hjelp og omsorg. Det er eit mål for regjeringa å auke kvaliteten på dei kommunale tenestene, slik at utsette barn og familiar skal få betre hjelp der dei bur. Barnevernsreforma til regjeringa, som Stortinget har slutta seg til, inneber større kommunalt ansvar for barnevernet. Reforma skal bidra til sterkare prioritering av førebyggjande hjelp og tenester som er betre tilpassa den einskilde. Reforma inneheld også ein kompetansestrategi som skal bidra til å auke kvaliteten i dei kommunale tenestene.
Det er eit viktig mål for regjeringa å styrkje rettstryggleiken til barn og familiar i barnevernet. Eit oversiktleg og tilgjengeleg lovverk er naudsynt for å få eit barnevern som er til det beste for barna. Regjeringa har føreslått nokre endringar i barnevernlova og vurderer vidare det heilskaplege forslaget frå barnevernslovutvalet til ny barnevernslov.
Barn i barnevernet har større helseutfordringar enn andre på same alder. Regjeringa har derfor sett i gang eit arbeid for å styrkje samarbeidet mellom barnevernet og helsetenestene. Målet er at barn som har behov for hjelp frå begge tenestene, får heilskapleg hjelp og oppfølging når dei treng det. Det skal mellom anna etablerast institusjonar for barn med behov for langvarig omsorg utanfor heimen samstundes som dei har stort behov for psykisk helsehjelp.
Alle skal ha like moglegheiter og fridom til å gjere eigne val. Regjeringa vil styrkje likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern for alle. Betre diskrimineringsvern og positive og stimulerande verkemiddel er viktige for å få til eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering. Fråvær av diskriminering er ein føresetnad for eit inkluderande samfunn og for deltaking. Alle skal ha like rettar og høve til å ha innverknad på sitt eige liv.
Prop. 80 L (2016–2017) Lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombudsloven) blei vedteken i Stortinget 16. juni 2017. Den nye lova inneber mellom anna at pådrivarrolla og handhevingsrolla til Likestillings- og diskrimineringsombodet blir skilde frå kvarandre. Lovhandhevingsoppgåvene skal overførast til ei ny nemnd der alle sakene skal handsamast i éin instans (diskrimineringsnemnda). Den nye nemnda skal ha mynde til å påleggje oppreising i saker som gjeld arbeidslivet, og erstatning i enkle saksforhold. For første gong får det konsekvensar å diskriminere.
Regjeringa arbeider for at forbrukarane skal kunne ta informerte val, kjenne rettane sine og vite korleis dei skal gå fram dersom dei er misnøgde med varer og tenester dei har kjøpt. Oppstår det tvistar mellom forbrukar og næringsdrivande, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.
Frå 1. mai 2017 blei dei ti regionkontora til Forbrukarrådet grupperte om til tre større einingar i Tromsø, Stavanger og Skien. Endringa legg grunnlag for sterkare fagmiljø, høgare effektivitet og eit betre tilbod for mekling mellom forbrukarar og næringsdrivande.
Frå 1. januar 2018 vil Forbrukarombodet endre namn til Forbrukartilsynet og få vedtakskompetanse i alle saker. Dette vil klargjere rolla til ombodet som tilsynsorgan og styrkje forbrukarvernet. Marknadsrådet vil samstundes få ei ny rolle som klageinstans.
Regjeringa vil gå i gang med å utarbeide ei stortingsmelding om forbrukarpolitikken. Meldinga skal leggjast fram våren 2019 og ta opp aktuelle utfordringar og tiltak som ytterlegare kan styrkje stillinga til forbrukarane.
Forslaget til statsbudsjett 2018 for BLD omfattar programområde 11 Barn og likestilling og programområde 28 Foreldrepengar.
BLD har desse hovudmåla for politikkområda i 2018:
god og effektiv forvalting
trygge rammer for familiane
eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering
gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom
utsette barn og ungdom får omsorg, tryggleik og høve til utvikling
ei sterk stilling for forbrukarane
1.1 God og effektiv forvalting
Departementet vil utvikle vidare ei effektiv forvalting med høg kvalitet gjennom god styring, organisering og drift av sektoren.
Velfungerande og effektive verksemder er viktig for å nå måla for sektoren. Departementet driv målretta styring og oppfølging av underliggjande etatar for å medverke til dette.
BLD har eit samordningsansvar for fleire viktige område som også gjeld andre departement. Ei god samordning er avgjerande for gjennomføringa og resultata av politikken til regjeringa.
1.2 Trygge rammer for familiane
Familiane er dei sterkaste sosiale fellesskapane vi har og viktige berarar av tradisjon, kultur og læring. Regjeringa vil styrkje stillinga til familien i samfunnet. Familien set rammer kring oppveksten til barn og unge.
Ein god og heilskapleg familiepolitikk legg grunnlaget for livskvalitet og gir helsemessige og samfunnsøkonomiske gevinstar. Familiepolitikken til regjeringa byggjer på at familiane tek dei beste vala sjølve. Familieretta ordningar skal derfor vere fleksible og gi valfridom.
Familieverntenesta er hovudsatsinga på det familiepolitiske området. For å sikre gode oppvekstvilkår er førebyggjande arbeid og tidleg innsats to viktige element i arbeidet til familievernet. Tenesta har fått eit historisk økonomisk løft. Aukinga har gitt gode resultat. Mellom anna fekk nærare 10 000 fleire personar hjelp i familievernet i 2016 samanlikna med 2015. Fleire behandlarstillingar har redusert ventetida. Kapasiteten i arbeidet mot vald og høgkonflikt er auka. Familievernet arbeider målretta med å leggje til rette for at barn deltek, og å auke talet på samtalar med barn i meklingsaker. Familieverntilbodet er blitt meir likeverdig på landsbasis. Det utoverretta, førebyggjande arbeidet og samarbeidet med dei kommunale, familieretta tenestene er styrkt. I 2017 blei budsjettet til familievernet auka med 38 mill. kroner for å auke kapasiteten i familieverntenesta, styrkje arbeidet med familiar som lever med vald, og gi fleire barn tilbod om samtalar i samband med samlivsbrot. Denne innsatsen vil bli vidareført i 2018.
Barn og ungdom skal ha trygge og gode liv. Dei skal ikkje oppleve vald og overgrep. Omfattande tiltak er allereie sette i verk i denne regjeringsperioden. Fleire tenester som møter familiar som lever med vald, valdsutsette og utøvarar av vald, er blitt styrkte. Døme på dette er mellom anna familieverntenesta, Alternativ til vold og Statens barnehus. Løyvinga til Alternativ til vold blei auka med 10 mill. kroner under handsaminga av statsbudsjettet for 2017. Regjeringa har oppretta nye tilskotsordningar kommunane kan bruke for å setje i verk tiltak for å støtte foreldre eller sårbare familiar. Regjeringa har gitt tilskot til Stine Sofie Senteret – eit meistringssenter for valdsutsette barn. Det har òg vore ein stor auke i dei frie inntektene til kommunane, som mellom anna legg til rette for ei styrking av helsestasjons- og skulehelsetenesta. I tillegg kjem øyremerkte midlar til rekruttering av psykologar i kommunane. Viktige lovendringar er vedtekne, inkludert auka strafferamme frå 6 til 15 år for grov mishandling i nære relasjonar og utvida høve for barnevernet til å påleggje hjelpetiltak. Regjeringa har òg gjort endringar i rammeplanane for lærarutdanningane for å sikre at lærarar får grunnleggjande kompetanse om vald og overgrep og korleis ein kan avdekkje dette. Regjeringa vil òg sørgje for at kunnskap om vald og overgrep inngår i helse- og sosialfagutdanningane.
Regjeringa vil vidareføre og styrkje innsatsen for å førebyggje vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep. Den samla satsinga frå saldert budsjett 2017 til oppfølginga av tiltak i opptrappingsplanen mot vald og overgrep blir vidareført i 2018 med om lag 530 mill. kroner. I 2018 føreslår regjeringa i tillegg å styrkje satsinga med ytterlegare 54 mill. kroner. På området til BLD føreslår regjeringa å styrkje arbeid mot vald og overgrep mot risikoutsette vaksne gjennom å løyve 5 mill. kroner til å prøve ut modellen TryggEst. Det er òg satsingar knytte til opptrappingsplanen på ansvarsområda til andre departement:
11 mill. kroner til å styrkje arbeidet mot internettrelaterte overgrep mot barn, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet
11 mill. kroner til å styrkje Statens barnehus, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet
20 mill. kroner til styrking av kapasiteten og kompetansen i politiet til etterforsking i saker som gjeld vald og overgrep mot barn samanlikna med Saldert budsjett 2017, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet
7 mill. kroner til fleire medisinske undersøkingar i barnehusa, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet
Foreldre skal få konkret hjelp og støtte i foreldrerolla. Regjeringa skal utarbeide den fyrste, nasjonale strategien for foreldrestøtte. Strategien vil bli ein del av den breie satsinga på førebyggjande arbeid, jf. opptrappingsplanen mot vald og overgrep. Strategien vil omhandle ulike tiltak og tenester som rettar seg mot foreldre frå svangerskapet og til barnet fyller 18 år. Strategien vil gjelde på tvers av forvaltingsnivå og sektorar, medrekna frivillig og ideelt arbeid. Gjennomføring av strategien skal bidra til å nå målet om eit meir nasjonalt likeverdig tilbod om foreldrestøtte.
Mange alvorlege saker der barn og ungdom har vore utsette for grov vald, seksuelle overgrep og alvorleg omsorgssvikt, er blitt offentleg kjende. Regjeringa tok sommaren 2017 imot NOU 2017: 12 Svikt og svik frå eit utval som gjekk gjennom saker der barn og ungdom har vore utsette for grov vald, seksuelle overgrep eller alvorleg omsorgssvikt. Oppgåva til utvalet var å avdekkje om og korleis det offentlege har svikta i slike tilfelle. Utvalet gjekk gjennom 20 saker, trukket frå eit utval på 200 gjennomgåtte saker. Dei fann ut at mange kunne ha sett og gjort noko for å forhindre vald og overgrep i desse sakene. Nokon av dei viktigaste sviktene var at samtale med barna ofte mangla, at tenestene ikkje samarbeidde godt nok, og at plikt til å melde i frå og forhindre vald ikkje blei overheldt. Anbefalingar frå utvalet er mellom anna å gjennomføre eit kompetanseløft i tenestene om å snakke med barn og å innføre ei fast undersøkelsesordning i saker der barn har vore utsett for vald og overgrep. Utgreiinga er sendt på offentleg høyring med høyringsfrist 30. november 2017.
Departementet har fremja forslag til endringar i barnelova og straffelova for å gi barn betre rettsvern mot vald og overgrep. Forslaget gjeld mellom anna ei ny plikt for dommaren til å vurdere om den dømde i ei valdssak skal bli pålagd kontaktforbod.
Familiepolitikken til regjeringa byggjer på valfridom og fleksibilitet. Kvar familie er nærast til å vurdere kva løysing som passar best. Derfor må barnelova leggje til rette for gode løysingar som møter dei varierande behova ulike familiar har etter samlivsbrot. Begge foreldre er viktige omsorgspersonar i livet til barna. Dette gjeld uavhengig av om foreldra bur saman eller ikkje. Samstundes skal ein sørgje for at omsynet til det som er best for barnet, alltid veg tyngst i saker om kvar barnet skal bu fast, og samvær. For å leggje til rette for at begge foreldra skal kunne vere likeverdige omsorgspersonar, både i samlivet, når samlivet blir oppløyst, og i tilfelle der foreldra aldri har budd saman, har regjeringa fremja forslag om endringar i barnelova for Stortinget. Endringane blei vedtekne av Stortinget våren 2017.
Det er viktig med gode velferdsordningar for barnefamiliane. Barn og familiar er ulike og har ulike behov. Familiane må sikrast fleksibilitet og valfridom til å velje dei løysingane som passar best for dei. Regjeringa har teke imot NOU 2017: 6 Offentlig støtte til barnefamiliene frå det offentlege utvalet som har gått gjennom stønadene og tenestetilbodet til familiar med barn under 18 år. Utvalet har føreslått ei rekkje endringar. Mellom anna tilrår utvalet å gi foreldre individuell rett til foreldrepengar. Utvalet vil òg dele foreldrepengeperioden likt mellom foreldra, med unntak av tre veker før og seks veker etter fødsel, som mor må ta av helsemessige årsaker. Fleirtalet vil gjere barnetrygda meir målretta og innføre gratis barnehage. Utvalet føreslår òg å avvikle kontantstøtta. Utgreiinga har vore ute på offentleg høyring.
Foreldrepengeregelverket er komplisert. Regjeringa vil forenkle regelverket og innføre ei sjølvbetent nettløysing for uttak av foreldrepengar. Arbeids- og velferdsetaten gjennomfører eit IKT-moderniseringsprosjekt med nye løysingar for foreldrepengar. Departementet la i september 2017 fram forslag til forenklingar i foreldrepengereglane. Endringane vil gjere regelverket enklare å forstå for brukarane og mindre komplisert å forvalte for Arbeids- og velferdsetaten.
Boks 1.1 Regjeringas hovudsatsingar på familie- og oppvekstområdet vil i 2018 vere å
vidareføre og styrkje arbeidet mot vald og overgrep
styrkje arbeid mot risikoutsette vaksne med ei satsing på 5 mill. kroner til å prøve ut modellen TryggEst
leggje til rette for at barn deltek i, og å auke talet på samtalar med barn i meklingsaker
betre tilbodet familieverntenesta har for familiar som lever med vald, og familiar med høgt konfliktnivå
vidareutvikle arbeidet med foreldrestøtte slik at fleire foreldre får hjelp og støtte i foreldrerolla
vidareføre arbeidet med å heve kompetanse og kunnskap om vald og overgrep i alle sektorar og tenester
vidareføre satsinga på informasjonstiltak om vald og overgrep
vidareføre støtta til Stine Sofie Senteret
Regjeringa legg til rette for at adopsjonar av barn nasjonalt og frå utlandet kan skje innanfor trygge rammer og til beste for barna. Den nye adopsjonslova, vedteken av Stortinget i juni 2017, skal leggje til rette for dette.
1.3 Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering
Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammar både den einskilde og samfunnet. I dag blir omgrepet «likestilling» nytta i vidare forstand enn likestilling mellom menn og kvinner. Det handlar òg om likestilling når det gjeld funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder, etnisitet og religion.
Alle skal ha like moglegheiter og fridom til å gjere eigne val. Regjeringa vil styrkje likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern for alle. Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering blir skapt gjennom positive og stimulerande verkemiddel og gjennom betre diskrimineringsvern. Fråvær av diskriminering er ein føresetnad for eit inkluderande samfunn og for deltaking. Alle skal sikrast like rettar og høve til å ha innverknad på sitt eige liv.
BLD har ei koordineringsrolle for andre departement i arbeidet med å fremje likestilling og hindre diskriminering på dei ulike grunnlaga.
Regjeringa har med Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn gitt eit langsiktig perspektiv for likestillingsarbeidet. Meldinga løftar fram utfordringar knytte til likestilling på sentrale samfunnsområde: oppvekst og utdanning, arbeidsliv, vald og overgrep, helse og næringsliv og entreprenørskap. I meldinga blir strategiar og verkemiddel som skal bidra til eit meir likestilt samfunn, presenterte. BLD samordnar innsatsen til regjeringa og følgjer utviklinga over tid.
Ny felles likestillings- og diskrimineringslov vil gjelde frå 1. januar 2018. Målet er eit styrkt og meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering. Regjeringa vil etablere eit nytt handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet med verknad frå 2018. Målet er tydlegare roller, kortare sakshandsamingstid og at det skal få konsekvensar å diskriminere. Den nye lova inneber at pådrivarrolla og handhevingsrolla til Likestillings- og diskrimineringsombodet blir skilde frå kvarandre. Lovhandhevingsoppgåvene skal overførast til ei ny nemnd, der alle sakene skal handsamast i éin instans (Diskrimineringsnemnda). Den nye Diskrimineringsnemnda får mynde til å påleggje oppreising i saker som gjeld arbeidslivet, og erstatning i enkle sakstilhøve. For første gong får det konsekvensar å diskriminere. Nemnda skal etablerast i Bergen 1. januar 2018.
Hausten 2016 la regjeringa fram ein strategi mot hatefulle ytringar. Strategien gjeld fram til 2020. Målet med strategien er å medverke til ei god offentleg meiningsutveksling og å førebyggje og motverke hatefulle ytringar.
Det er framleis behov for å styrkje dei grunnleggjande rettane til lhbti-personar og motverke diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Regjeringa har derfor lagt fram planen Trygghet, mangfold, åpenhet. Regjeringens handlingsplan mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (2017–2020). I 2018 vil involverte sektordepartement arbeide vidare med gjennomføring av tiltaka i handlingsplanen.
Det skal utarbeidast ein strategiplan for betre samordning og gjennomføring av regjeringas mål om likestilling av personar med nedsett funksjonsevne. BLD skal koordinere arbeidet med strategiplanen, som skal ha ein strategidel og ein handlingsplandel.
Boks 1.2 Regjeringas hovudsatsingar på likestillings- og diskrimineringsområdet vil i 2018 vere å
etablere eit nytt handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet
følgje opp likestillingsmeldinga
følgje opp lov om likestilling og forbud mot diskriminering som vil gjelde frå 1. januar 2018
følgje opp regjeringas handlingsplan for universell utforming 2015–2019
følgje opp regjeringas handlingsplan mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk 2017–2020
følgje opp strategien mot hatefulle ytringar og styrkje kunnskapsgrunnlaget om hatefulle ytringar og vidareføre støtta til Stopp hatprat!-kampanjen
utarbeide ein strategiplan for betre samordning og gjennomføring av regjeringas mål om likestilling av personar med nedsett funksjonsevne, som skal innehalde ein strategidel og ein handlingsplandel
1.4 Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom
Eit overordna mål for barne- og ungdomspolitikken er å gi barn og unge gode og trygge oppvekst- og levekår. Sentralt står arbeidet med å verne barn mot omsorgssvikt og overgrep. Det er viktig å leggje til rette for brei deltaking for å motverke utanforskap og ekstremisme. Aktiv medverknad frå barn og unge bidreg til eit levande demokrati.
Barn som lever i fattigdom – Regjeringens strategi (2015–2017) gjeld ut 2017. Arbeidet mot barnefattigdom vil halde fram utover strategiperioden. Ein offentleg rapport som evaluerer innsatsen på feltet og gir oppdatert kunnskap, er venta å vere ferdig mot slutten av 2017. Denne, saman med mellom anna evalueringa av Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, vil liggje til grunn for den framtidige innsatsen mot barnefattigdom. Strategien tok utgangspunkt i at barnefattigdom er eit samansett problem. Strategien mot barnefattigdom inneheldt 64 tiltak for å førebyggje barnefattigdom og dempe negative konsekvensar av å vekse opp i ein fattig familie. Eit viktig mål er å hindre at fattigdom går i arv. At foreldra arbeider, er den viktigaste faktoren for å unngå at barn veks opp i fattigdom. Talet på låginntektsfamiliar aukar. Auken i talet på låginntektsfamiliar har i hovudsak skjedd i familiar med innvandrarbakgrunn.
Løyvinga til fleire tilskotsordningar på fattigdomsfeltet er auka som del av strategien. Regjeringa føreslår å auke løyvinga til Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom med 26 mill. kroner i 2018, som er ei vidareføring av revidert nasjonalbudsjett 2017. Dette vil innebere at løyvinga når eit historisk høgt nivå på over 224 mill. kroner.
Løyvinga til fire andre tilskotsordningar er òg auka vesentleg i regjeringsperioden. Dette er ordningane Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom, Foreldrestøttande tiltak i kommunane og Tiltak for å følgje opp barn av psykisk sjuke og rusmisbrukarar.
For at alle barn, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra, skal kunne delta regelmessig i ein organisert fritidsaktivitet saman med andre, har kommunane, frivillige organisasjonar og staten gått saman om ein felles innsats: Fritidserklæringa. Dette er ei oppfølging av strategien mot barnefattigdom. Arbeidet med Fritidserklæringa blir støtta opp gjennom tilskot frå den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom og tilskotsmidler på Kulturdepartementet sitt budsjett. Partane i erklæringa har jobba målretta for å inkludere barn og unge frå låginntektsfamiliar i ulike aktivitetar. Det er eit mål at kommunane og den frivillige sektoren lagar lokale avtalar om samarbeid på fritidsfeltet. Arbeidet med dette skal følgjast tett opp vidare.
Det er viktig å leggje til rette for meir erfaringsutveksling om arbeid mot barnefattigdom i samarbeid med kommunar og frivillige organisasjonar. På nettstaden barnefattigdom.no er det utvikla eit sett indikatorar på kommunenivå, slik at kommunane skal få betre oversikt over utsette barnefamiliar. I 2018 vil ei rettleiing og andre pedagogiske verktøy som kommunane kan nytte i arbeidet mot barnefattigdom, vere ferdig.
Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er gode arenaer for demokratiutvikling og eit viktig verkemiddel for å få barn og unge til å delta og engasjere seg. Regjeringa vil halde fram med å støtte det lokale, nasjonale og internasjonale arbeidet til organisasjonane.
Boks 1.3 Regjeringas hovudsatsingar på barne- og ungdomsområdet vil i 2018 vere å
auke Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom med 26 mill. kroner
vidareføre og styrkje samarbeidet mellom kommunane, frivillige organisasjonar og staten med utgangspunkt i Fritidserklæringa
vidareføre arbeidet med å gi kommunane betre kunnskap, kompetanse og reiskapar i arbeidet mot barnefattigdom
halde fram med å støtte arbeidet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane
1.5 Utsette barn og ungdom får omsorg, tryggleik og høve til utvikling
Alle barn i Noreg som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få naudsynt hjelp og omsorg. Det er eit mål for regjeringa å auke kvaliteten i dei kommunale tenestene, slik at utsette barn og familiar skal få betre hjelp der dei bur. Regjeringa vil leggje meir vekt på førebyggjande hjelp og tidleg innsats i arbeidet med utsette barn, unge og familiar. Det er også viktig for regjeringa å betre helsehjelpa til barn i barnevernet. Barn i barnevernet har større helseutfordringar enn andre på same alder. Samarbeidet mellom barnevernet og helsetenestene skal derfor styrkjast. Vidare legg regjeringa vekt på å styrkje rettstryggleiken til barn og familiar i barnevernet. Barnevernlova gjeld for alle barn som oppheld seg i landet. Eit forståeleg og tidsriktig lovverk som medverkar til god rettstryggleik, er viktig.
Målet for barnevernsreforma til regjeringa er at utsette barn og familiar skal få betre hjelp der dei bur. Større kommunalt ansvar for barnevernet skal bidra til at kommunane i større grad prioriterer førebyggjande hjelp og tenester som er betre tilpassa den einskilde. Stortinget slutta seg til reforma i vår, og regjeringa arbeider no med å førebu gjennomføringa. Tilsyn med barnevernet viser uønskte kvalitetsforskjellar mellom kommunar. For å auke kvaliteten i dei kommunale tenestene er kompetanseheving og samarbeid mellom kommunar viktig. Regjeringa vil derfor, som del av barnevernsreforma, leggje fram ein kompetansestrategi som skal gjelde for perioden 2018–2024. Støtte til lokal tenesteutvikling og betre tilbod om etter- og vidareutdanning er viktige element i kompetansestrategien. Regjeringa føreslår ein auke på om lag 50 mill. kroner frå 2017 til komptansesatsinga i det kommunale barnevernet. Totalt vil det då vere over 80 mill. kroner til satsinga i 2018.
For å styrkje rettstryggleiken til barn og familiar i barnevernet har regjeringa lagt fram for Stortinget nokre forslag til endringar i barnevernlova. Dette er forslag som i særleg grad styrkjer rettstryggleiken til barnet, og som barn har vore opptekne av. Barnevernslovutvalet har lagt fram eit heilskapleg forslag til ny barnevernslov. Departementet arbeider vidare med å vurdere forslaget.
For at barn i barnevernet skal få betre helsehjelp, er det sett i gang eit arbeid for å styrkje samarbeidet mellom barnevernet og helsetenestene. Barn som har behov for hjelp frå begge tenestene, skal få koordinert og heilskapleg hjelp og oppfølging. Arbeidet skal mellom anna medverke til at barna som treng helsehjelp, lettare skal få tilgang til helsetenestene, og at barn i institusjonar får hjelp der dei bur. Departementet samarbeider med Helse- og omsorgsdepartementet om dette arbeidet. Regjeringa føreslår om lag 41 mill. kroner til betre psykisk helsehjelp til barn i barnevernet i 2018.
Fagkunnig kompetanse av god kvalitet er avgjerande for kvaliteten i vedtaka fylkesnemndene gjer. For å få fleire dyktige fagkunnige til å ta oppdrag i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker vil regjeringa auke satsen for honorar til fagkunnige. Vidare vil regjeringa auke satsen for honorar til talspersonen for barnet. Regjeringa føreslår 7 mill. kroner til auka satsar til fagkunnige og talspersonar i 2018.
Boks 1.4 Regjeringas hovudsatsingar på barnevernsområdet vil i 2018 vere å
følgje opp forslaga i Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernlova (barnevernsreform) og førebu gjennomføringa av barnevernsreforma
vurdere forslag frå barnevernslovutvalget til ny barnevernslov
styrkje kvaliteten og kompetansen i det kommunale barnevernet gjennom ei auka satsing på om lag 50 mill. kroner
arbeide for betre helsehjelp til barn i barnevernet gjennom ei satsing på 41 mill. kroner
auke satsane for honorar til fagkunnige og barnets talsperson i fylkesnemndene med 7 mill. kroner
1.6 Ei sterk stilling for forbrukarane
Regjeringa arbeider for at forbrukarane skal kunne ta informerte val i kjøpssituasjonar, kjenne rettane sine og vite korleis dei skal gå fram dersom dei er misnøgde med varer og tenester dei har kjøpt. Oppstår det tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.
Digital teknologi medverkar til grunnleggjande endringar innanfor dei fleste samfunnsområde og i forbrukaråtferda. Smarttelefonen har i løpet av få år blitt eit viktig digitalt verktøy som nesten alle nyttar dagleg. Tilgangen til digital informasjon, kommunikasjon og handel gir forbrukarane både nye moglegheiter og nye utfordringar.
På den eine sida kan forbrukarane raskt skaffe seg oversikt i marknadene. Dei kan òg enklare tilby eigne varer og tenester for sal eller utleige gjennom digitale plattformer i delingsøkonomien. På den andre sida må forbrukarane handtere stadig aukande mengder informasjon. Rolla som forbrukar er særleg krevjande der vilkåra for kjøp og bruk av tenestene er kompliserte og uklare. Forbrukarrettane blir òg utfordra på ein annan måte enn før når personopplysingar blir nytta som ei handelsvare mellom næringsdrivande utan at forbrukaren er klar over eller ønskjer det.
Regjeringa vil møte utviklinga med ein aktiv forbrukarpolitikk og leggje fram ei melding for Stortinget der målet er å løfte politikkområdet, identifisere utfordringar og fremje tiltak som kan styrkje stillinga til forbrukarane. Forbrukaranes digitale kvardag og forbrukaranes stilling i bustadmarknaden og finansmarknaden er blant emna som skal omtalast. Regjeringa tek sikte på å leggje fram meldinga våren 2019.
Det som skjer i EU har mykje å seie for utforminga av regelverk som regulerer forholda for forbrukarane i Noreg. Deltaking i arbeidet til EU med å utforme forbrukarpolitikk og -regelverk er avgjerande for å sikre eit høgt og fullgodt forbrukarvern. BLD vil i 2018 halde fram med å engasjere seg i dette.
Stortinget slutta seg i juni 2017 til eit lovforslag frå regjeringa om at finansføretak kan dele informasjon om gjelda til kundane mellom seg og med kredittopplysingsføretak. Med dette er det lagt grunnlag for at færre skal få alvorlege gjeldsproblem. Lova (gjeldsinformasjonslova) tek til å gjelde 1. november 2017. BLD vil medverke til at ordningane lova opnar for, kan komme raskt på plass.
Boks 1.5 Regjeringas hovudsatsingar på forbrukarområdet vil i 2018 vere å
arbeide for at forbrukarane skal få ein enklare digital kvardag
arbeide for tryggare kjøp og sal av bustader
arbeide for sterke forbrukarrettar på finansmarknaden
arbeide for gode forbrukarrettar i Noreg og EU
vidareutvikle og effektivisere det forbrukarpolitiske verkemiddelapparatet
I 2017 er det inngått ein bransjeavtale mellom BLD, andre aktuelle departement og matbransjen om å redusere matsvinnet i verdikjeda for mat. I tråd med FNs berekraftsmål er det i avtalen fastsett eit mål om at matsvinnet nasjonalt skal reduserast med 50 prosent innan 2030. Gjennom bransjeavtalen vil BLD støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir medvitne om å redusere matsvinnet.
Eit sterkt og effektivt forbrukarapparat er ein viktig føresetnad for å møte utfordringane forbrukarpolitikken og forbrukarane står overfor. Frå 1. mai 2017 grupperte Forbrukarrådet om dei ti regionkontora sine til tre større einingar i Tromsø, Stavanger og Skien. Endringa legg grunnlag for sterkare fagmiljø, høgare effektivitet og eit betre tilbod for mekling i tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande. Frå 1. januar 2018 vil Forbrukarombodet endre namn til Forbrukartilsynet og få vedtakskompetanse i alle saker. Dette vil klargjere rolla til ombodet som tilsynsorgan og styrkje forbrukarvernet. Marknadsrådet vil samstundes få ei ny rolle som klageinstans.
2 Oversikt over budsjettforslaget
2.1 Forslag til utgifter og inntekter fordelte på kapittel og postgrupper
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
Administrasjon | |||||
800 | Barne- og likestillingsdepartementet | 156 066 | 161 806 | 161 159 | -0,4 |
Sum kategori 11.00 | 156 066 | 161 806 | 161 159 | -0,4 | |
Familie og oppvekst | |||||
840 | Tiltak mot vald og overgrep | 169 919 | 202 100 | 207 368 | 2,6 |
841 | Samliv og konfliktløysing | 27 274 | 36 104 | 33 486 | -7,3 |
842 | Familievern | 489 937 | 533 890 | 541 996 | 1,5 |
843 | Adopsjonsstønad | 10 562 | 13 797 | 12 172 | -11,8 |
844 | Kontantstøtte | 1 568 291 | 1 709 500 | 1 710 180 | 0,0 |
845 | Barnetrygd | 15 042 660 | 15 180 000 | 15 070 000 | -0,7 |
846 | Familie- og oppveksttiltak | 414 974 | 483 009 | 520 218 | 7,7 |
847 | EUs ungdomsprogram | 8 433 | 8 188 | 8 252 | 0,8 |
848 | Barneombodet | 13 647 | 15 554 | 21 492 | 38,2 |
Sum kategori 11.10 | 17 745 697 | 18 182 142 | 18 125 164 | -0,3 | |
Barnevernet | |||||
853 | Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker | 200 318 | 224 608 | 226 322 | 0,8 |
854 | Tiltak i barne- og ungdomsvernet | 1 782 607 | 1 389 913 | 986 813 | -29,0 |
855 | Statleg forvalting av barnevernet | 6 506 051 | 6 655 944 | 6 765 354 | 1,6 |
856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar | 1 198 812 | 843 825 | 215 489 | -74,5 |
858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | 269 381 | 272 810 | 272 434 | -0,1 |
Sum kategori 11.20 | 9 957 170 | 9 387 100 | 8 466 412 | -9,8 | |
Forbrukarpolitikk | |||||
860 | Forbrukarrådet | 155 183 | 157 778 | 160 586 | 1,8 |
862 | Positiv miljømerking | 7 352 | 10 058 | 10 330 | 2,7 |
865 | Forbrukarpolitiske tiltak | 19 121 | 18 749 | 19 197 | 2,4 |
867 | Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet | 10 884 | 11 466 | 13 543 | 18,1 |
868 | Forbrukartilsynet | 25 020 | 27 045 | 27 225 | 0,7 |
Sum kategori 11.30 | 217 560 | 225 096 | 230 881 | 2,6 | |
Likestilling og ikkje-diskriminering | |||||
870 | Sekretariatet for Diskrimineringsnemnda | 5 705 | 6 413 | 18 611 | 190,2 |
871 | Likestilling og ikkje-diskriminering | 46 804 | 50 649 | 54 267 | 7,1 |
872 | Nedsett funksjonsevne | 239 120 | 246 269 | 252 844 | 2,7 |
873 | Likestillings- og diskrimineringsombodet | 52 856 | 53 907 | 42 929 | -20,4 |
Sum kategori 11.40 | 344 485 | 357 238 | 368 651 | 3,2 | |
Sum programområde 11 | 28 420 977 | 28 313 382 | 27 352 267 | -3,4 | |
Stønad ved fødsel og adopsjon | |||||
2530 | Foreldrepengar | 19 546 442 | 20 971 000 | 21 113 000 | 0,7 |
Sum kategori 28.50 | 19 546 442 | 20 971 000 | 21 113 000 | 0,7 | |
Sum programområde 28 | 19 546 442 | 20 971 000 | 21 113 000 | 0,7 | |
Sum utgifter | 47 967 419 | 49 284 382 | 48 465 267 | -1,7 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
Administrasjon | |||||
3800 | Barne- og likestillingsdepartementet | 25 | |||
Sum kategori 11.00 | 25 | ||||
Familie og oppvekst | |||||
3842 | Familievern | 203 | 696 | 715 | 2,7 |
3847 | EUs ungdomsprogram | 4 496 | 2 364 | 2 364 | 0,0 |
Sum kategori 11.10 | 4 699 | 3 060 | 3 079 | 0,6 | |
Barnevernet | |||||
3853 | Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker | 657 | |||
3855 | Statleg forvalting av barnevernet | 1 357 863 | 1 453 855 | 1 491 567 | 2,6 |
3856 | Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar | 1 053 174 | 723 548 | 139 983 | -80,7 |
3858 | Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet | 726 | 458 | 470 | 2,6 |
Sum kategori 11.20 | 2 412 420 | 2 177 861 | 1 632 020 | -25,1 | |
Forbrukarpolitikk | |||||
3868 | Forbrukartilsynet | 958 | |||
Sum kategori 11.30 | 958 | ||||
Sum programområde 11 | 2 418 103 | 2 180 921 | 1 635 099 | -25,0 | |
Sum inntekter | 2 418 103 | 2 180 921 | 1 635 099 | -25,0 |
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2016 | Saldert budsjett 2017 | Forslag 2018 | Pst. endr. 17/18 |
01-23 | Drift | 8 497 683 | 8 525 359 | 7 825 418 | -8,2 |
30-49 | Nybygg og anlegg | 10 670 | 7 639 | -100,0 | |
50-59 | Overføringer til andre statsregnskaper | 224 601 | 242 829 | 234 354 | -3,5 |
60-69 | Overføringer til kommunar | 4 110 245 | 1 790 471 | 1 609 755 | -10,1 |
70-98 | Overføringer til private | 37 056 603 | 38 718 084 | 38 795 740 | 0,2 |
Sum under departementet | 49 899 802 | 49 284 382 | 48 465 267 | -1,7 |
2.2 Postar med stikkordet kan overførast
Under Barne- og likestillingsdepartementet blir stikkordet føreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49.
(1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2017 | Forslag 2018 |
840 | 73 | Tilskot til senter for valdsutsette barn | 30 214 | |
846 | 60 | Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn | 12 443 | 30 564 |
846 | 79 | Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv. | 3 232 | 11 110 |
847 | 01 | Driftsutgifter | 21 | 8 252 |
854 | 72 | Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet | 106 570 | |
855 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 2 804 | 23 605 |
865 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 3 134 | 2 196 |
865 | 79 | Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk | 2 269 | 6 134 |
871 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 292 | 11 611 |
871 | 79 | Internasjonalt likestillings- og ikkje-diskrimineringsarbeid | 6 384 | 3 642 |
872 | 71 | Universell utforming og auka tilgjenge | 28 277 |
2.3 Meirinntektsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Barne- og likestillingsdepartementet i 2018 kan:
overskride løyvinga på | mot tilsvarande meirinntekt under |
---|---|
kap. 842 post 01 | kap. 3842 post 01 |
kap. 847 post 01 | kap. 3847 post 01 |
kap. 855 post 01 | kap. 3855 postane 01, 02 og 60 |
kap. 856 post 01 | kap. 3856 post 01 |
kap. 858 post 01 | kap. 3858 post 01 |
kap. 868 post 01 | kap. 3868 post 01 |
Meirinntekt som gir grunnlag for overskriding skal òg dekkje meirverdiavgift knytt til overskridinga, og gjeld derfor òg kap. 1633, post 01 for dei statlege forvaltingsorgana som inngår i nettoordninga for meirverdiavgift.
Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter er tekne med i berekninga av overføring av ubrukt løyving til neste år.
3 Oppmodingsvedtak
Det er i budsjettproposisjonen omtalt oppmodingsvedtak som Barne- og likestillingsdepartementet har hovudansvar for. Dei går fram av tabellen nedanfor.
Tabell 3.1 Oversikt over oppmodingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Omtalt side |
---|---|---|---|
2012–2013 | 106 | visjon om eit universelt utforma samfunn fram mot 2025 | 132 |
2014–2015 | 666 | opplysningsplikta til barnevernet | 87 |
2015–2016 | 602 | årleg orientering om likestilling og mangfald | 125 |
2015–2016 | 603 | trepartssamarbeid for auka likestilling i arbeidslivet | 125 |
2015–2016 | 611 | tillegg til statsbudsjettet om likestilling | 126 |
2015–2016 | 740 | bruk av tvang i barnevernet | 85 |
2015–2016 | 741 | barn som har utført eller vore utsette for overgrep, og barn med traume | 47 |
2015–2016 | 742 | fosterheimar med barn som har nedsett funksjonsevne | 85 |
2015–2016 | 743 | forsking biologiske barn som fosterbror/-søster | 81 |
2015–2016 | 744 | best mogleg oppfølging for å sikre ein god oppvekst for adopterte barn | 38 |
2015–2016 | 745 | pålagde barnevernstiltak under svangerskap | 89 |
2015–2016 | 746 | årleg rettleiing fosterforeldre | 81 |
2015–2016 | 747 | rammevilkår fosterforeldre | 86 |
2015–2016 | 748 | pensjonsvilkår fosterforeldre | 81 |
2015–2016 | 749 | fosterheimskontraktane | 86 |
2015–2016 | 750 | forsking ettervern | 82 |
2015–2016 | 752 | uføretrygd fosterforeldre | 82 |
2015–2016 | 757 | søsken i same fosterheim | 86 |
2015–2016 | 785 | kunnskap om årsakene til at barn opplever kroppspress og slit med dårleg sjølvbilete | 56 |
2015–2016 | 811 | innsynsrett i barnevernssaker | 92 |
2015–2016 | 820 | barnevernsinstitusjon, barn/ungdom som utfører seksuelle overgrep | 92 |
2015–2016 | 832 | levekårskartlegging om fleirlingfamiliar, einslege med fleire barn i småbarnsalder, familiar med barn som har alvorleg sjukdom eller funksjonsnedsetjing, familiar som har alvorleg sjukdom hos foreldra, og andre med spesielle omsorgsbehov | 36 |
2015–2016 | 890 | lov om openheit om produksjonsstader og etikkinformasjon om vareproduksjon til forbrukarar og organisasjonar | 113 |
2016–2017 | 488 | rutinar som sikrar informasjon om foreldreansvar | 45 |
2016–2017 | 489 | informasjon om små barn og tilknyting til foreldra | 45 |
2016–2017 | 490 | omfanget av saker der far er ukjend | 45 |
2016–2017 | 491 | evaluere felles foreldreansvar | 45 |
2016–2017 | 492 | retningslinjer for likare praksis for mekling og rådgiving | 45 |
2016–2017 | 493 | forsking på ulike former for bustad for barn i delte familiar | 46 |
2016–2017 | 494 | gjennomgå dommar i foreldretvistar | 46 |
2016–2017 | 495 | gjennomgå dei økonomiske ordningane når foreldre ikkje bur saman | 37 |
2016–2017 | 496 | økonomiske støtteordningar for åleineforsørgjarar | 38 |
2016–2017 | 498 | landsomfattande levekårsundersøking for LHBTI-personar | 131 |
2016–2017 | 596 | rettleiing om korleis tilsette i kommunar kan avdekkje og følgje opp vald i nære relasjonar | 53 |
2016–2017 | 597 | lovfeste at barnevern og politi skal samarbeide betre | 89 |
2016–2017 | 598 | opplysningsplikt til barnevernet | 87 |
2016–2017 | 602 | opptrappinga av familievernkontora | 54 |
2016–2017 | 603 | styrkje familievernkontora | 54 |
2016–2017 | 604 | leggje til rette for rettleiing for foreldre | 46 |
2016–2017 | 606 | politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn | 53 |
2016–2017 | 607 | ordning for å sertifisere alle offentleg tilsette som er i kontakt med barn | 53 |
2016–2017 | 611 | tilsette med minoritetsbakgrunn og auka kompetanse på minoritetskulturar i barnevernet | 88 |
2016–2017 | 616 | Stine Sofie Senteret | 49 |
2016–2017 | 618 | alle ATV-kontor får eit familiemandat | 54 |
2016–2017 | 626 | rapportere i dei årlege budsjettproposisjonane om alle tiltak vedtekne i opptrappingsplanen mot vald og overgrep | 53 |
2016–2017 | 627 | rapport om dei økonomiske behova knytte til arbeidet mot vald og overgrep | 53 |
2016–2017 | 628 | økonomisk forplikting og øyremerking knytte til tiltaka i opptrappingsplanen mot vald og overgrep | 53 |
2016–2017 | 647 | opplysingar om studiesituasjonen til ungdommar | 42 |
2016–2017 | 682 | offentleg utval som ser på kva likestillingsutfordringar barn møter på ulike arenaer | 126 |
2016–2017 | 683 | evaluere foreldrepermisjonsordninga | 149 |
2016–2017 | 779 | årleg rapportering om barnevernet til kommunestyret | 83 |
2016–2017 | 780 | spesialiserte hjelpetiltak | 83 |
2016–2017 | 781 | vurdere korleis tilsette i barnevernet kan sikrast mot vald og truslar | 79 |
2016–2017 | 782 | fullfinansiere barnevernsreforma | 83 |
2016–2017 | 783 | reglar for anbod i barnevernet | 84 |
2016–2017 | 786 | ordninga med nasjonal gjeldsinformasjon | 109 |
2016–2017 | 788 | portalbasert teneste for gjeldsinformasjon | 109 |
2016–2017 | 789 | utanlandsadopsjon | 38 |
2016–2017 | 790 | oppfølging av adopterte og familiane | 38 |
2016–2017 | 791 | kartleggje behovet for oppfølging etter adopsjon | 38 |
2016–2017 | 873 | oppretting og flytting av ny diskrimineringsnemnd | 135 |
2016–2017 | 875 | lågterskeltilbod for handheving av forbodet mot seksuell trakassering | 135 |
2016–2017 | 932 | sentral eining med ansvar for oppfølging av mindreårige offer for menneskehandel | 89 |
2016–2017 | 1119 | vidareføre aktivitets- og rapporteringsplikta | 133 |