Prop. 1 S (2017–2018)

FOR BUDSJETTÅRET 2018 — Utgiftskapittel: 800–873, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3847, 3855, 3856, 3858

Til innhaldsliste

Del 2
Nærare om budsjettforslaget

4 Nærare om budsjettforslaget

Programområde 11

Programkategori 11.00 Administrasjon

Hovudinnhald og prioriteringar

Under Programkategori 11.00 Administrasjon ligg i hovudsak lønns- og driftsutgifter til departementet og utgifter til stillingar som departementet finansierer i Europakommisjonen.

Mål

For 2018 gjeld desse måla:

Hovudmål

Delmål

1. God og effektiv forvalting

1.1: Effektiv organisering og drift av departementet

1.2: Effektiv organisering og drift av underliggjande verksemder

Resultatrapport og strategiar

Delmål 1.1 Effektiv organisering og drift av departementet

Resultatrapport 2016/2017

Departementet har som ei oppfølging av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma arbeidd med ei planmessig tilnærming for å gjere drifta meir effektiv, samstundes som ein tek vare på og utviklar kompetansen til dei tilsette.

Departementet har arbeidd systematisk med å utvikle samfunnstryggleik- og beredskapsfeltet. Departementet har delteke på fleire øvingar, mellom anna i samarbeid med Bufdir. BLD har sektoransvar for område der det er viktig å vere budd på uønskte hendingar. Departementet reviderer i 2017 oversikt over risiko og sårbarheit i sektoren. BLD har òg arbeidd for betring av informasjonstryggleiken i sektoren.

Strategiar og tiltak for 2018

Departementet skal vere eit utviklingsorientert og effektivt fagleg sekretariat for den politiske leiinga. Departementet skal òg vere ein tydeleg etatsstyrar og ta hand om forvaltingsoppgåvene på ein god måte.

Målet for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i BLD er å førebyggje uønskte hendingar og minske konsekvensane dersom slike hendingar skulle skje. Det sentrale bidraget i arbeidet med samfunnstryggleik er av førebyggjande karakter. Verksemdene i sektoren kan òg få ein sentral plass i tida etter ei krise som oppstår i andre sektorar. Som tiltak for å førebu oss på uønskte hendingar i framtida vil BLD i 2018 mellom anna gå gjennom erfaringar etter beredskapsøvingar for å lære og forbetre planverket i eiga og underliggjande verksemder.

Delmål 1.2 Effektiv organisering og drift av underliggjande verksemder

Desse verksemdene ligg under BLD per 1. oktober 2017: Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, Forbrukarrådet, Forbrukarombodet (Forbrukartilsynet frå 1. januar 2018), Barneombodet, Likestillings- og diskrimineringsombodet, Sekretariatet for Likestillings- og diskrimineringsnemnda (Sekretariatet for Diskrimineringsnemnda frå 1. januar 2018) og Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet. Under presenterer departementet dei viktigaste gjennomførte utviklingsprosjekta og tiltaka i førre periode og dei viktigaste planlagde utviklingsprosjekta og tiltaka i 2018.

Resultatrapport og strategiar

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Bufdir og Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) har over mange år vore gjennom store omstillingar. I 2016 blei organiseringa av direktoratet endra for å styrkje etatsstyrarrolla, den faglege styringa av regionane i Bufetat og den strategiske styringa av IKT og HR. Dei held fram med å effektivisere administrative tenester i 2016. Strategien til Bufetat, Kvalitetsutviklingsprogrammet, ligg til grunn for utvikling av kvalitet i tenestene basert på behovet til brukarane. Kvalitetsstrategien skal òg bidra til betre ressursbruk og til å standardisere fag- og arbeidsprosessar best mogleg. Bufdir har starta arbeidet med å utvikle eit kvalitetssystem som del av ein heilskapleg plan for kvalitets- og kompetansebygging i kommunane. Dette systemet må understøttast digitalt, noko som vil vere ein sentral del av det vidare arbeidet med å utvikle barnevernstenestene.

Organiseringa av inntaksfunksjonen og fosterheimstenesta blei endra i 2015 og 2016 for å betre utøvinga av bistandsplikta overfor kommunane. Førebelse tal frå undersøkinga om kommunetilfredsheit viser at kommunane er nøgde. Det er framleis kommunar som meiner at tilbodet er for langt unna eller ikkje passar for det einskilde barnet. Bufdir rapporterer om ei positiv utvikling ved at ein del ressurskrevjande tiltak i form av plasseringar i institusjon er erstatta av mindre ressurskrevjande tiltak, til dømes plassering i fosterheim. Tiltaksvridinga har vore ein medviten strategi som er følgd opp med auka innsats for å rekruttere og lære opp fosterheimar.

Bufdir har i perioden 2015–2016 etablert spisskompetansemiljø på ulike fagområde for å utvikle tenestene til Bufetat og bidra til betre kvalitet. Det er mellom anna etablert spisskompetansemiljø på områda akuttarbeid i barnevernet, rettleiing av fosterheimar og tryggleik i førebygging og handtering av utagering og farlege situasjonar.

For å styrkje arbeidet til familievernet blei det i 2016 etablert tre nasjonale spisskompetansemiljø, eitt for utvikling av arbeidet med familiar med høgkonflikt etter brot, eitt for familiar med valdsproblem og eitt for foreldre som har mista omsorga for barna sine, sjå nærare omtale av arbeidet familievernet gjer i tilknyting til vald, under delmål 2.3.

I 2016 blei Sentralmyndigheita for Haagkonvensjonen 1996 etablert i direktoratet, sjå omtale under delmål 5.3. Det blei også etablert ei eiga stabseining for internrevisjon, som skal gjennomføre uavhengige og objektive kontroll- og rådgivingsoppgåver.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemndene fekk til saman inn 5 120 saker i 2016, ein nedgang på 6 prosent frå 2015. Som ledd i oppfølginga av tilrådingane frå Riksrevisjonens undersøkelse av sakshandsamingstid og Oxford Research si evaluering av fylkesnemndene frå 2015 blei det arbeidd målretta for å få ned sakshandsamingstida ytterlegare. Det er sett i verk fleire tiltak for å få likare rutinar, organisering og oppgåveløysing. Resultat frå 2016 viser at sakshandsamingstida har gått ned med 15 dagar frå 2015, og forskjellar i sakshandsamingstid mellom nemndene har blitt jamna ut. Frå 2013 til 2016 er sakshandsamingstida redusert med 35 dagar, frå 97 til 62 dagar. Det betyr at ventetida for dei som skal ha saker handsama i fylkesnemndene, er vesentleg redusert.

I 2016 tok fylkesnemndene i bruk eit nytt sakshandsamingssystem, ProSak, noko som har lagt til rette for likare administrativ sakshandsaming i nemndene. I 2017 har nemndene implementert sikker elektronisk kommunikasjon med fagkunnige, allmenne medlemmer og talspersonar via sikker digital post og signeringsportalen til Difi. Målsetjinga er eit heilelektronisk sakshandsamingssystem.

Forbrukarapparatet

På grunnlag av Difi-rapporten Gjennomgang av det statlege forbrukarapparatet fråvåren 2015 har Forbrukarrådet nyleg vore gjennom ei omorganisering. Frå 1. mai 2017 er dei ti regionkontora grupperte om til tre større einingar i Tromsø, Stavanger og Skien. Endringa legg grunnlag for sterkare fagmiljø, høgare effektivitet og betre servicetilbod til forbrukarane. Forbrukarrådet har òg frå august 2017 etablert ei hospiteringsordning med tre–fem kontorplassar på Svalbard. Forbrukarrådet har i tillegg fått klarare arbeidsdeling internt ved at alt meklingsarbeid blir drive frå dei tre nye einingane, medan det interessepolitiske arbeidet og portalverksemda blir drivne frå hovudkontoret i Oslo.

Strategiar og tiltak for 2018

Departementet skal gi tydelege styringssignal, og verksemdene skal få det handlingsrommet dei treng i oppgåveløysinga. Dette vil medverke til effektiv drift av dei underliggjande verksemdene.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Bufdir vil halde fram med det langsiktige kvalitetsarbeidet og innsatsen for å auke kompetansen i tenestene. Bufdir skal arbeide med å ta i bruk ny teknologi og har utvikla ein IKT-strategi for det langsiktige IKT-arbeidet i direktoratet. Strategien skal bidra til at direktoratet arbeider effektivt og på ein måte som gir varig verdi for tenestemottakarar, direktoratet, etaten og samarbeidspartnarar. Arbeidet med å effektivisere drifta vil halde fram. For å bidra til god drift og styring vil Bufdir ha strengare krav til og føringar for informasjonstryggleik, systemeigarskap og systemforvalting.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker skal arbeide for å få ned sakshandsamingstida ytterlegare, halde fram med å jamne ut forskjellar i sakshandsamingstida mellom nemndene og auke produktiviteten i nemndene, ved mellom anna å utnytte verkemidla dei har for å utveksle ressursar mellom nemndene.

Forbrukarapparatet

BLD la i april 2017 fram for Stortinget forslag om å endre reglane for korleis Forbrukarombodet og Marknadsrådet skal handheve marknadsføringslova, jf. Prop. 93 L (2016–2017) Endringer i markedsføringsloven og angrerettloven (håndhevingsreglene), jf. Innst. 355 L (2016–2017). Det blei mellom anna føreslått at Forbrukarombodet skal kunne gjere vedtak i alle saker, at Marknadsrådet skal få ei ny rolle som klageinstans med færre medlemmer, og at Forbrukarombodet skal endre namn til Forbrukartilsynet. Stortinget vedtok lovforslaget 16. juni 2017. Endringane, som tar til å gjelde frå 1. januar 2018, vil klargjere rolla til Forbrukarombodet, effektivisere både Forbrukarombodet og Marknadsrådet og styrkje forbrukarvernet.

Endringar i handhevingsapparatet på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet

Departementet la fram Prop. 80 L (2016–2017) Lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombudsloven) 5. april 2017, jf. Innst. 388 L (2016–2017). Lovproposisjonen blei vedteken i Stortinget 16. juni 2017, og den nye lova skal ta til å gjelde frå 1. januar 2018. Den nye lova fører til at pådrivarrolla og handhevingsrolla til Likestillings- og diskrimineringsombodet blir skilde frå kvarandre. Lovhandhevingsoppgåvene skal overførast til ei ny nemnd som skal handsame alle sakene i éin instans (Diskrimineringsnemnda). Den nye nemnda skal ha mynde til å påleggje oppreising i saker som gjeld arbeidslivet, og erstatning i enkle saker.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.00 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

800

Barne- og likestillingsdepartementet

156 066

161 806

161 159

-0,4

Sum kategori 11.00

156 066

161 806

161 159

-0,4

Kap. 800 Barne- og likestillingsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

146 634

152 080

151 221

21

Spesielle driftsutgifter

9 432

9 726

9 938

Sum kap. 0800

156 066

161 806

161 159

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter i departementet og hospitering i andre institusjonar. Løyvinga er mellom anna redusert med 2,5 mill. kroner som følgje av overføring av husleigemidlar til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 151,2 mill. kroner i 2018.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje utgifter til utgreiingsprosjekt i departementet og til tenestemenn som er lånte ut til Europakommisjonen. Løyvinga kan òg nyttast til andre tiltak innanfor ansvarsområda til departementet.

Departementet føreslår ei løyving på 9,9 mill. kroner i 2018.

Kap. 3800 Barne- og likestillingsdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Tilfeldige inntekter

25

Sum kap. 3800

25

Programkategori 11.10 Familie og oppvekst

Hovudinnhald og prioriteringar

Regjeringa har som mål å styrkje stillinga til familien i det norske samfunnet. Familien er ein sterk og grunnleggjande sosial fellesskap som skaper ei trygg ramme kring oppveksten til barn og unge.

Regjeringa vil arbeide for at alle barn og unge skal ha likeverdige tilbod, og leggje til rette for at dei skal kunne utvikle seg, utan omsyn til kva bakgrunn og livssituasjon foreldra har, og kvar i landet dei bur.

Ein god og heilskapleg familiepolitikk legg grunnlaget for livskvalitet og gir helsemessige og samfunnsøkonomiske gevinstar. Familiepolitikken til regjeringa byggjer på at familiane tek dei beste vala sjølve. Familieretta ordningar skal derfor vere fleksible og gi valfridom. Familiepolitikken skal leggje til rette for likestilling mellom foreldra, både i heimen og i arbeidslivet.

Familieverntenesta

Familieverntenesta er hovudsatsinga til regjeringa på det familiepolitiske området og utgjer grunnstammen i hjelpetilbodet til familiar når det gjeld samlivsproblem og konfliktar i parforhold, mekling og foreldresamarbeid. Samfunnsoppdraget til familievernet er å medverke til gode og trygge oppvekstvilkår for barn og å førebyggje konfliktar og negative samspelsmønster i familiar. Gjennom lågterskeltilbodet medverkar familieverntenesta til å oppretthalde og utvikle stabile familieliv, førebyggje samlivsbrot og ta vare på foreldreskapet etter samlivsbrot til beste for barna.

Familievernet har dei seinare åra fått meir ansvar for å prioritere innsatsen mot vald i nære relasjonar, barn som lever i høgkonflikt, familiar med innvandrarbakgrunn og foreldre der barna er under barnevernsomsorg. Samstundes meiner regjeringa det er viktig å oppretthalde eigenarten og kjernekompetansen til familievernet knytt til par- og familiebehandling. Tenesta skal vere eit lågterskeltilbod som gir rask og lett tilgjengeleg hjelp til familiar med par- og familiekonfliktar.

Familieverntenesta har fått eit historisk økonomisk løft og er sidan regjeringsskiftet styrkt med over 128 mill. kroner frå om lag 370 mill. kroner i 2013. Familievernet snakkar med stadig fleire barn i pågåande meklingssaker. Styrkinga av familieverntenesta har ført til oppretting av nye handsamingsstillingar som har redusert ventetida for å få time. Styrkinga vil òg bidra til eit meir likeverdig tilbod på landsbasis. Kapasiteten i arbeidet mot vald og høgkonflikt vil òg auke. Eit godt familievern må vere tilpassa behovet til den einskilde familien.

Regjeringa meiner det er naudsynt med ein heilskapleg gjennomgang av familieverntenesta. Spørsmålet om den førebyggjande rolla til familievernet bør bli lovregulert annleis, vil òg bli vurdert.

Opptrappingsplan mot vald og overgrep

Arbeidet mot vald og overgrep har høg prioritet i 2018. Regjeringa skal følgje opp opptrappingsplanen mot vald og overgrep som blei lagd fram i 2016, jf. Prop. 12 S (2016–2017) og Innst. 247 S (2016–2017). Den samla satsinga frå saldert budsjett 2017 til tiltak i opptrappingsplanen blir vidareført i 2018 med om lag 530 mill. kroner. Regjeringa føreslår i tillegg ei samla satsing på 54 mill. kroner i 2018. Satsinga skal bidra til å styrkje arbeidet politiet driv mot internettrelaterte overgrep mot barn, styrkje Statens barnehus og sikre betre dekning av medisinske undersøkingar i barnehus. Regjeringa vil òg prøve ut modellen TryggEst, som skal gi betre vern til risikoutsette vaksne. I tillegg vidarefører regjeringa arbeidet som er sett i gang i familieverntenesta for å betre vareta familiar som lever med vald. Tilskotet til Stine Sofie Senteret og informasjonstiltak om vald og overgrep er òg ført vidare.

Nasjonal strategi for foreldrestøtte

Regjeringa har som mål at fleire barn skal leve gode liv i eigen heim, gjennom førebyggjande arbeid lokalt og ved å gi foreldre konkret hjelp og støtte i foreldrerolla. Regjeringa skal utarbeide den fyrste, nasjonale strategien for foreldrestøtte. Strategien er ein del av regjeringas breie satsing på førebyggjande arbeid, jf. Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021). Strategien vil handle om ulike tiltak og tenester som rettar seg mot foreldre, frå svangerskapet og til barnet fyller 18 år, og vil gjelde på tvers av forvaltingsnivå og sektorar, inkludert frivillig og ideelt arbeid. Han skal fremje førebyggjande tiltak retta mot befolkninga, mot statlege og kommunale tenester og frivillig sektor.

Arbeid mot barnefattigdom

Barnefattigdom er eit samansett problem. Ikkje alle barn i låginntektsfamiliar har nødvendigvis dårlege levekår, men samspelet mellom sosiale, helsemessige og økonomiske utfordringar over tid forsterkar ofte kvarandre og aukar risikoen for marginalisering og fattigdom. Auken i talet på låginntektsfamiliar har i hovudsak skjedd i familiar med innvandrarbakgrunn. Over halvparten av alle barn i økonomisk utsette familiar har innvandrarbakgrunn.

Gjennom regjeringsperioden er innsatsen mot barnefattigdom trappa vesentleg opp. Løyvingane til tilskotsordningar på fattigdomsfeltet er auka. Regjeringa føreslår å vidareføre den auka løyvinga til Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom på 26 mill. kroner frå revidert nasjonalbudsjett 2017, i 2018. Dette vil innebere at løyvinga når eit historisk høgt nivå på over 224 mill. kroner.

Fritidserklæringa inngår som ein del av innsatsen mot barnefattigdom, og har som mål at alle barn skal ha moglegheit til å delta i ein organisert fritidsaktivitet uavhengig av inntekta til foreldra. Erklæringa er grunnlaget for ein partnarskap mellom regjeringa, KS og frivillig sektor. Arbeidet med Fritidserklæringa blir undersøtta gjennom tilskot frå den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom og tilskotsmidler på Kulturdepartementet sitt budsjett.

Foreldrepengar

Foreldrepengeordninga er ein sentral del av familiepolitikken. Foreldrepengeområdet er nærare omtalt under programkategori 28.50.

Mål

For 2018 gjeld desse måla:

Hovudmål

Delmål

2: Trygge rammer for familiane

2.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

2.2: Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna

2.3: Effektive verkemiddel i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep

4: Gode oppvekst- og levekår for barn og ungdom

4.1: Like moglegheiter til deltaking for alle barn og ungdom

4.2: Redusere konsekvensar av fattigdom for barn og ungdom

Resultatrapport og strategiar

Delmål 2.1 Valfridom og fleksibilitet for familiane

Barn og familiar er ulike og har ulike behov. Politikken skal fremje valfridom og fleksibilitet og gjere det mogleg for familiane å velje dei løysingane som passar best for dei.

Under dette delmålet blir dei sentrale overføringsordningane til barnefamiliar – kontantstøtte, barnetrygd, foreldrepengar og støtte til adopsjon – omtalte. Overføringsordningane blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten (Nav). Nedanfor blir utviklinga i bruk av kontantstøtte og barnetrygd gjennomgått i korte trekk. Det blir òg gitt ein statusrapport om forvaltinga til Arbeids- og velferdsetaten på området til BLD og gjort greie for utviklingstal for adopsjonar. For omtale av foreldrepengar og eingongsstønad ved fødsel, sjå programkategori 28.50.

Resultatrapport 2016/2017

Kontantstøtte

Stønadsperioden for kontantstøtte er inntil elleve månader frå og med månaden etter at barnet har fylt eitt år, til og med månaden før barnet fyller to år (13 til 23 månader). Satsen for kontantstøtte var 6 000 kroner per månad fram til 1. august 2017. Etter denne datoen auka satsen til 7 500 kroner per månad. Barn som er i barnehage til og med 19 timar i veka, har rett til halv kontantstøtte. Frå 1. juli 2017 blei det innført butidskrav på fem år for rett til kontantstøtte, jf. Prop. 85 L (2016–2017) og Innst. 368 L (2016–2017).

I gjennomsnitt fekk 36,5 pst. av foreldra til eittåringane kontantstøtte i 2016, noko som er 1,7 prosentpoeng færre enn i 2015. I 2016 hadde 1,1 pst. av kontantstøttebarna deltidsbarnehageplass med halv kontantstøtte. Rundt to tredjedelar av barna det blir utbetalt kontantstøtte for, er 13–18 månader.

I 2016 var 77 pst. av stønadsmottakarane kvinner. Dette er ein nedgang på til saman 17 prosentpoeng frå 2005.

Tabell 4.1 Barn med kontantstøtte. Månadlege gjennomsnitt1

Fyrste halvår 2015

Andre halvår 2015

Fyrste halvår

2016

Andre halvår 2016

Barn i kontantstøttealder (13–23 månader)

55 192

55 243

54 727

55 136

Barn med kontantstøtte

22 530

19 635

21 381

18 732

– i prosent av barn i kontantstøttealder

40,8

35,5

39,1

34,0

1 Arbeids- og velferdsdirektoratet har ikkje publisert stønadsstatistikk over kontantstøtte for 1. halvår 2017, fordi det er uvisse knytt til kvaliteten på tala. Nav har gjennomført ei spesialisering i handsaminga av kontantstøttesaker som i ein overgangsperiode mellom anna har gitt utfordringar for statistikkføringa.

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Utbetaling av kontantstøtte varierer gjennom året. I september blir det utbetalt kontantstøtte for færrast barn, sidan hovudopptaket for barnehagane er i august. SSB har gjort ein nærare analyse av kontantstøttebruken. Dei har teke utgangspunkt i tal per 1. september 2016, slik at dei analyserer dei som framleis får kontantstøtte etter hovudopptaket, og som dermed har valt kontantstøtte framfor barnehage. SSB finn at det blei utbetalt kontantstøtte for 23 pst. av alle barn i kontantstøttealder. Dette er ein reduksjon på 1 prosentpoeng samanlikna med 1. september 2015, jf. SSBs artikkel «Kontantstøttebruken gikk ned». Nedgangen kan til dels forklarast med at delen kontantstøttemottakarar blant dei yngste barna (13–18 månader) er redusert. Samstundes har delen mottakarar blant barn med innvandrarbakgrunn falle relativt mykje, spesielt blant dei eldste barna (19–23 månader). SSB har funne at samansetjinga av kontantstøttemottakarar er i endring. Fram til 2016 har delen kontantstøttemottakarar blant barn med innvandrarbakgrunn frå land i Afrika, Asia og så vidare vore større enn for barn frå EU og så vidare. I 2015 var delen kontantstøttemottakarar blant barn frå Afrika, Asia og så vidare på veg ned, medan delen frå EU og så vidare samstundes auka. I 2016 var delen kontantstøttemottakarar frå EU og så vidare (44 pst.) for fyrste gong så vidt større enn delen kontantstøttemottakarar frå Afrika, Asia og så vidare (43 pst.).

Arbeids- og velferdsdirektoratet har vurdert kva for konsekvensar omlegginga av kontantstøtta i 2014 har hatt for arbeidsmarknadstilknytinga til foreldre med barn i den aktuelle aldersgruppa. Endringa bestod i at kontantstøttesatsen blei auka til 6 000 kroner per månad for alle barn i alderen 13–23 månader. Før endringa var satsen 5 000 kroner per månad for barn i alderen 13–18 månader, og 3 303 kroner per månad for barn i alderen 19–23 månader. Dei finn at omlegginga har hatt negativ effekt på sysselsetjinga blant mødrer. Blant fedrane ser ikkje endringa i kontantstøtteordninga ut til å ha hatt nokon effekt på sysselsetjinga. Inntektsnivået har mykje å seie for sannsynet for at mødrer er tilbake i jobb 16 månader etter fødsel. Dei med lågast inntekt har redusert sannsyn for å vere tilbake i arbeid etter at dei har fått barn.

Barnetrygd

Den ordinære barnetrygda blei vidareført utan endringar i satsane i 2016 og 2017.

I 2016 var det 675 000 mottakarar av barnetrygd, og i underkant av kvar femte stønadsmottakar hadde utvida stønad for einslege forsørgjarar. Menn fekk utvida stønad i 20 pst. av tilfella. 9 av 10 mottakarar av barnetrygd var kvinner.

I 2016 var det om lag 3 000 mottakarar av småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn under 3 år. Det har vore ein årleg nedgang i talet på personar med småbarnstillegg over lang tid. I 2011 var det om lag 2 000 fleire som fekk tillegget.

Stortinget vedtok i 2016 Prop. 63 L (2015–2016) Endringer i barnetrygdloven (barnetrygd ved opphold i utlandet). Lovendringa blei innført frå 1. oktober 2016 og inneber at grensa for kor mange månader barn kan opphalde seg i utlandet og framleis få barnetrygd, er redusert frå seks til tre månader.

Utval om støtteordningar til barnefamiliane

Barnefamilieutvalet blei oppnemnt i juni 2015 og leverte utgreiinga NOU 2017: 6 Offentlig støtte til barnefamiliene 6. mars 2017. Utvalet har føreslått ei rekkje endringar i det offentlege tenestetilbodet og overføringsordningane til familiar med barn under 18 år. Mellom anna tilrår utvalet å gi foreldre individuell rett til foreldrepengar. Utvalet vil òg dele foreldrepengeperioden likt mellom foreldra, med unntak av tre veker før og seks veker etter fødsel, som mor må ta av helsemessige årsaker. Fleirtalet (seks av ni medlemmer) vil gjere barnetrygda meir målretta mot familiar med låg inntekt. Fleirtalet vil òg innføre gratis barnehage. Utvalet føreslår å avvikle kontantstøtta. Utgreiinga har vore ute på brei offentleg høyring med frist 30. september 2017.

Forvaltinga til Arbeids- og velferdsetaten på ansvarsområdet til BLD

Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for forvaltinga av sentrale ytingar og ordningar på ansvarsområdet til BLD. Det gjeld barnetrygd, kontantstøtte, foreldrepengar, eingongsstønad og barnebidrag. Målet er at brukarane skal få rett yting til rett tid.

Heile ytelsesforvaltinga har vore gjennom ein omfattande omorganisering som blei avslutta 1. september 2016. Ved omorganiseringa er sakshandsaminga spesialisert ved at handsaming av enkeltytingar er samla i færre forvaltingseiningar.

Ved omorganiseringa har kompetanse- og ressursbehovet på nokre områder vore større enn rekna med. Dette har i ein overgangsfase ført til noke lengre sakshandsamingstider og restansar.

På ansvarsområdet til BLD har det vore særskilde utfordringar når det gjeld barnebidrag. Arbeids- og velferdsetaten arbeider systematisk for å betre forvaltinga av ytingane for å auke kvaliteten i sakshandsaminga og redusere omfanget av feilutbetalingar. I 2016 blei det gjennomført systematiske kvalitetsmålingar på seks område, mellom anna barnebidrag. Resultata er jamt over gode, men viser at det er rom for forbetring av kvaliteten på barnebidragsområdet.

Å betre kvaliteten og få kortare sakshandsamingstid for barnebidrag er eit særskilt innsatsområde for Arbeids- og velferdsetaten. Etaten har sett i verk tiltak for å forbetre den generelle situasjonen på barnebidragsområdet, mellom anna ved å prioritere å redusere talet på restansar, forbetre normtidsoppnåinga og auke kvaliteten og brukaropplevinga generelt.

I det langsiktige arbeidet med å få betre kvalitet og effektivitet når Arbeids- og velferdsetaten forvaltar ytingar og ordningar, står moderniseringa av IKT-systema i etaten heilt sentralt.

Arbeids- og velferdsetaten gjennomfører no Prosjekt 2 i moderniseringa av IKT i etaten. Det er Arbeids- og sosialdepartementet som har ansvaret for prosjektet, men vedtaksløysinga som blir utvikla i prosjektet, vil saman med plattforma for digitale sjølvbeteningsløysingar nyttast til å lage nye løysingar for foreldrepengar og eingongsstønad. Prosjektet har altså stor innverknad på forvaltinga av ytingar på ansvarsområdet til BLD.

Rapportering frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at Prosjekt 2 er i rute. Prosjektet skal etter planen gjennomførast i perioden 2016–2019. Fyrste leveranse i foreldrepengeprosjektet, endringssøknad på nett, blei tilgjengeleg i mars 2017. Rapporteringa viser at prosjektet er godt i gang med etablering av teknisk plattform for den nye vedtaksløysninga.

Det er gjort nærare greie for IKT-moderniseringsprogrammet og anna utviklingsarbeid i Arbeids- og velferdsetaten i Prop. 1 S (2017–2018) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Vedtak nr. 832, 9. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen iverksette en levekårskartlegging om flerlingfamilier, enslige med flere barn i småbarnsalder, familier med barn som har alvorlig sykdom eller funksjonsnedsettelser, familier som har alvorlig sykdom hos foreldrene, og andre med spesielle omsorgsbehov.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er eit representantforslag om nye tiltak for å sikre hjelp og støtte til familiar med fleirlingar, jf. Dokument 8:39 S (2015–2016) og Innst. 368 S (2015–2016).

Vedtaket er følgt opp ved å gi Arbeids- og velferdsdirektoratet i oppgåve å gjennomføre ei levekårskartlegging innanfor rammene av statistikk direktoratet har tilgjengeleg. Kartlegginga skal ferdigstillast hausten 2017.

Analyse av fruktbarheitsnivå

Frå 2002 til 2009 auka samla fruktbarheitstal (SFT) gradvis år for år frå 1,75 til 1,98 barn per kvinne. Frå 2010 har SFT falle kvart år. Samla fruktbarheitstal for kvinner var i 2016 1,71 barn per kvinne. Dette er det lågaste fruktbarheitsnivået i Noreg sidan 1986. Nedgangen i fruktbarheit kjem av aukande gjennomsnittsalder for fyrstegongsfødande og at færre kvinner får tre eller fleire barn. Samanlikna med dei fleste andre europeiske land er fruktbarheita i Noreg framleis relativt høg.

SSB har på oppdrag frå departementet analysert dei bakanforliggjande årsakene til nedgangen i fruktbarheit frå 2010. Årsaka til auken i gjennomsnittsalder for fyrstegongsfødande synest å vere knytt til den generelle økonomiske situasjonen i Noreg og situasjonen for unge kvinner på arbeidsmarknaden. Nedgangen i tredjefødslar synest å vere resultatet av ein langvarig trend, men er òg knytt til den generelle økonomiske situasjonen i Noreg.

Adopsjon

Bufetat har ansvar for å handsame søknader om innanlands- og utanlandsadopsjon. I 2016 var innanlandsadopsjonane fordelte på 150 stebarnsadopsjonar, 61 adopsjonar av fosterbarn og 12 andre adopsjonar. I 2016 kom det 126 barn adopterte frå utlandet gjennom ein adopsjonsorganisasjon til Noreg.

I fleire år har det vore nedgang i utanlandsadopsjonar, og nedgangen held fram. Dette er ei internasjonal utvikling. Ei årsak til nedgangen er at fleire barn får eit omsorgstilbod i heimlandet. Sjå tabell for utviklinga over tid:

År

Utanlandsadopsjonar

Stebarn

Andre adopsjonar

Fosterbarn

2010

343

153

3

29

2011

297

148

6

40

2012

231

180

6

40

2013

154

165

6

57

2014

142

158

6

62

2015

132

160

8

54

2016

126

150

12

61

For å auke kvaliteten i adopsjonsprosessen starta Bufdir i 2016 opp eit forbetringsarbeid. Behova til adoptivbarna og familiane etter adopsjon er sentralt i dette arbeidet. Direktoratet vil mellom anna auke kunnskapen om behova til søkjarane i adopsjonsprosessen og behova til adoptivbarna og familiane etter adopsjon.

Stortinget vedtok ny adopsjonslov i juni 2017, jf. Prop. 88 L (2017–2016) Lov om adopsjon (adopsjonsloven) og Innst. 359 L (2016–2017). I den nye lova er meir av dagens retningslinjer og praksis lovfesta, og reglane er meir tilgjengelege for brukarane og kan bidra til større likebehandling. Blant lovendringane er at adoptivbarnet skal få naudsynt rettleiing frå adopsjonsstyresmaktene i samband med innsyn i adopsjonssaka si og kven som er dei opphavlege foreldra. Dersom den adopterte er død, skal no etterkommarane av den adopterte få opplyst kven dei opphavlege foreldra er.

Strategiar og tiltak for 2018

Utval om støtteordningar til barnefamiliane

Barnefamilieutvalet la i mars 2017 fram utgreiinga si, NOU 2017: 6 Offentlig støtte til barnefamiliene, sjå resultatrapportering ovanfor. Utgreiinga har vore ute på brei offentleg høyring. Departementet går no gjennom svara frå høyringsinstansane og vil deretter vurdere vidare oppfølging av utgreiinga.

Vedtak nr. 495, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå de økonomiske ordningene som gjelder når foreldre ikke bor sammen, og vurdere endringer som kan ivareta hensynet til aleneforeldres økonomi, men samtidig hindre at økonomi er en avgjørende faktor når avgjørelser om barns bosted blir tatt.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).

I NOU 2017: 6 Offentlig støtte til barnefamiliene føreslo barnefamilieutvalet ei rekkje endringar. Departementet vil sjå oppmodingsvedtaket i samanheng med NOU-en og høyringa, og vurdere oppfølging i samarbeid med aktuelle departement.

Vedtak nr. 496, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen gå gjennom de økonomiske støtteordningene for aleneforsørgere og vurdere endringer som fjerner økonomiske insentiver til å velge bort delt bosted.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).

I NOU 2017: 6 Offentlig støtte til barnefamiliene føreslo barnefamilieutvalet ei rekkje endringar. Departementet vil sjå oppmodingsvedtaket i samanheng med NOU-en og høyringa, og vurdere oppfølging i samarbeid med aktuelle departement.

Fruktbarheit

Departementet vil følgje med på utviklinga i fruktbarheit ved mellom anna å auke kunnskapen om balansen mellom familieliv og arbeidsliv når det gjeld individuelle val og preferansar knytte til å få barn. Departementet planlegg vidare å undersøkje dei samfunnsøkonomiske konsekvensane av høvesvis aukande, fallande og stabil fruktbarheitsutvikling.

Adopsjon

Departementet legg vekt på ei god og effektiv forvalting av adopsjonsfeltet. I det inngår å følgje dei internasjonale forpliktingane Noreg har på adopsjonsfeltet.

Vedtak nr. 744, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen se på tiltak som kan gjøres for at adopterte barn kan få best mulig oppfølging for å sikre en god oppvekst.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – Fosterhjem til barnets beste, jf. Innst. 318 S (2015–2016).

Departementet vil sjå oppmodingsvedtaka om adopsjon i samanheng. Dette gjeld vedtak nr. 744 av 31. mai 2016 og vedtak nr. 789–791 av 7. juni 2017. Departementet vil orientere Stortinget om oppfølginga på eigna måte.

Vedtak nr. 789, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen sørge for at saksbehandlingen når den gjelder utenlandsadopsjon, ikke overstiger 30 dager.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 88 L (2016–217) Lov om adopsjon (adopsjonsloven), jf. Innst. 359 L (2016–2017).

Departementet vil sjå oppmodingsvedtaka om adopsjon i samanheng. Dette gjeld vedtak nr. 744 av 31. mai 2016 og vedtak nr. 789–791 av 7. juni 2017. Departementet vil orientere Stortinget om oppfølginga på eigna måte.

Vedtak nr. 790, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for oppfølging av adopterte og familiene i tråd med Haagkonvensjonen artikkel 9, der en modell som den danske kan vurderes som ett alternativ, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 88 L (2016–217) Lov om adopsjon (adopsjonsloven), jf. Innst. 359 L (2016–2017).

Departementet vil sjå oppmodingsvedtaka om adopsjon i samanheng. Dette gjeld vedtak nr. 744 av 31. mai 2016 og vedtak nr. 789–791 av 7. juni 2017. Departementet vil orientere Stortinget om oppfølginga på eigna måte.

Vedtak nr. 791, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen kartlegge behovet for oppfølging etter adopsjon.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 88 L (2016–217) Lov om adopsjon (adopsjonsloven), jf. Innst. 359 L (2016–2017).

Departementet vil sjå oppmodingsvedtaka om adopsjon i samanheng. Dette gjeld vedtak nr. 744 av 31. mai 2016 og vedtak nr. 789–791 av 7. juni 2017. Departementet vil orientere Stortinget om oppfølginga på eigna måte.

Delmål 2.2: Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna

Regjeringa ønskjer å styrkje stillinga til familien i det norske samfunnet. Familien skaper ei trygg ramme kring oppveksten til barna. For å nå målet om likestilt foreldreskap må ein leggje til rette for at begge foreldra får ta del i omsorga for barnet, både når foreldra bur saman, og etter at samlivet er oppløyst. Det er best for barn å ha god kontakt med begge foreldra.

Arbeidet i familievernet med førebygging og tilboda dei har til familiar som har det vanskeleg, er viktige tiltak for å nå målet om trygge familierelasjonar.

Tilbod om mekling og samtalar om foreldresamarbeid for delte familiar er eit viktig verkemiddel for å nå målet om å løyse foreldrekonfliktar på lågast mogleg nivå og sikre eit godt foreldresamarbeid til beste for barnet.

Resultatrapport 2016/2017

Familievernet

Familievernet har fått eit historisk økonomisk løft. Løyvinga er auka frå 370 mill. kroner i 2013 til 534 mill. kroner i 2017. Tek ein omsyn til lønns- og prisveksten i perioden, er den reelle budsjettstyrkinga på 128 mill. kroner. For 2017 blei løyvinga styrkt med 38 mill. kroner for å styrkje kapasiteten, auke tilbodet om samtalar med barn ved samlivsbrot og styrkje kompetansen i familievernet på valdsområdet.

Satsinga på familievernet har gitt klare resultat. Handsamingskapasiteten i familievernet har auka vesentleg. Vidare er den gjennomsnittlege ventetida for fyrste time redusert. Dei auka ressursane er fordelte slik at det sikrar eit meir likeverdig familieverntilbod på landsbasis. Satsinga har vidare gitt større moglegheit til å arbeide førebyggjande og samarbeide med andre familieretta tenester.

Fleire familiar får hjelp raskare. Talet på meklingar har hatt ein auke på 2,5 prosentpoeng frå 2015 til 2016. Dei aller fleste foreldra som bad om mekling i 2015, fekk tilbod om time innan tre veker. I dei kliniske sakene, det vil seie familieterapi, parterapi og foreldrerettleiing med meir, har det vore ei god utvikling knytt til kor mange familiar som får tilbod om time innan fire veker, sjå figuren nedanfor.

Figur 4.1 Delen som får tilbod innan fire veker i dei kliniske sakene, 2014–2016. Prosent

Figur 4.1 Delen som får tilbod innan fire veker i dei kliniske sakene, 2014–2016. Prosent

For å styrkje arbeidet til familievernet er det etablert tre nasjonale spisskompetansemiljø innan familievernet: eitt for utvikling av arbeidet med familiar med høgkonflikt etter brot, eitt for familiar med valdsproblematikk og eitt for foreldre som har mista omsorga for barna sine, sjå nærare omtale av korleis familievernet arbeider med vald, under delmål 2.3.

Ei digital rettleiing for korleis familievernet arbeider med foreldre som har mista omsorga for barna sine er under arbeid i Bufdir, og skal bli ferdigstilt i løpet av 2017. Det er i tillegg gitt støtte til fleire prosjekt i regi av frivillige organisasjonar som arbeider med dette.

Familieverntenesta har ei viktig rolle i arbeidet med å avdekkje vald og gi tilbod til familiar som lever med vald. Regjeringa varslar i Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) at ho vil styrkje tilbod i familievernet til familiar som lever med vald, og styrkje kompetansen om vald og overgrep i familievernet. For nærare omtale av korleis familievernet arbeider mot vald, sjå omtale under delmål 2.3.

Førebyggjande arbeid i familievernet – samarbeid med kommunale tenester

I Stortinget si handsaminga av Meld. St. 14 (2014–2015) Kommunereformen – nye oppgaver til større kommuner bad komiteen departementet greie ut korleis familieverntenesta i større grad kan arbeide førebyggjande i samarbeid med kommunale tenester for å hindre at samspelsproblematikk og konfliktar fører til alvorlege familieproblem og samlivsbrot. Målet er ein felles innsats for å gi barn gode og trygge oppveksttilhøve. Det blir arbeidd med å auke det systematiske samarbeidet mellom familieverntenesta og kommunale tenester, som til dømes barnevern og helsestasjonar.

Det er starta eit prøveprosjekt med samarbeid mellom familievern og helsestasjonane. Familievernet tilbyr samtalar til foreldre på helsestasjonen og deltaking på fødselsførebuande kurs med samliv som tema. Målet er at barn og familiar skal få hjelp så tidleg som råd. Prosjektet er ei oppfølging av tiltaksplanen En god barndom varer livet ut, og prosjektet kan allereie vise til positive resultat. Prosjektet viser mellom anna at ein når ut til familiar som elles ikkje ville ha oppsøkt familievernet. Prosjektet skal evaluerast hausten 2017. Erfaringa så langt viser at samtaletilbodet til familievernet på helsestasjonane når foreldrepar i målgruppa på eit tidleg tidspunkt med god og relevant hjelp. Dette bidreg til å førebyggje parrelaterte konfliktar og psykiske reaksjonar som følgje av konflikt og usemje.

Meklingstilbod og tilbod til barnefamiliar med høgt konfliktnivå etter samlivsbrot

Barn som lever i familiar med høgt konfliktnivå mellom foreldra, kan utvikle vanskar både emosjonelt, kognitivt og sosialt. For å sikre at desse barna får så gode oppvekstkår som mogleg, tilbyr familievernet hjelp til foreldra både gjennom mekling og hjelp til å samarbeide om felles barn etter brot. Målsetjinga er å førebyggje og dempe konfliktar mellom foreldra.

God hjelp frå familievernet til familiar i samband med samlivsbrot og til foreldre med høgt konfliktnivå bidreg til at fleire foreldretvistar blir løyste utanfor domstolane. Om lag ein tredjedel av foreldra som kjem til mekling fordi dei vurderer å reise sak for retten, inngår avtale om barna under meklinga. Talet på foreldretvistar til domstolane var 2 567 saker i 2016, og dei siste to åra har det vore ein viss nedgang i talet på innkomne saker. Det er ei målsetjing at foreldre som er i konflikt eller tvist om barna, nyttar fleire timar i mekling, og/eller tek imot tilbodet om hjelp til samarbeid om dei felles barna (foreldresamarbeidssaker). For å hindre at saker unødig skal gå til domstolane, blir det mellom anna lagt vekt på å gi foreldra god informasjon om det frivillige meklingstilbodet. Bufdir samarbeider med Domstoladministrasjonen for å utvikle tiltak som kan føre til at fleire saker blir løyste i familievernet, og for å leggje til rette for deling av kunnskap mellom tingrettane og familievernet. Det blir lagt særleg vekt på tiltak som gjer at talet på saker for domstolane blir minska.

Det er ei målsetjing å gi foreldre eit tilbod som byggjer på den beste faglege kunnskapen til ein kvar tid. Meklaropplæringa er styrkt for å auke den faglege og praktiske kompetansen i meklinga, både hos meklarane i familieverntenesta og hos dei eksterne meklarane. Meklaropplæringa inneheld fordjupingstema i samtalar med barn, høgkonfliktmekling, kultursensitiv mekling og etikk, og rettleiing av meklarane. Det er òg innført obligatorisk praksis, meklingssamlingar og oppfriskingskurs for meklarar.

Utgreiingar av meklingsordninga visar at foreldra treng eit tilbod som er tilpassa deira konflikt og situasjonen i deira familie. Det er sett i gang eit omfattande fagleg, organisatorisk og digitalt utviklingsprosjekt for å tilpasse meklingstilbodet til behova til brukarane og leggje til rette for auka deltaking for barna. Det er mellom anna utarbeidd ein digital avtalemal for foreldresamarbeid. Bufdir arbeider no med å differensiere meklingstilbodet betre. Differensieringa tek utgangspunkt i behova til foreldra og skal skreddarsy det faglege innhaldet og oppbygginga av meklinga ut frå graden av usemje og konflikt i kvar einskild familie. Meklinga blir supplert med tilbod om foreldresamtalar, gruppe og kurs.

Samtalar med barn

Talet på barn som blir høyrde i meklingssaker har auka dei seinaste åra, men er framleis lågt. I 2016 snakka familievernet med nær 10 pst. av alle barn i meklingssakene. Bufdir utarbeidde i 2016 ein opptrappingsplan som omtaler ansvaret familieverntenesta har for å leggje til rette for at barn deltek, og tiltak for at fleire barn skal bli høyrde i meklinga. Viktige tiltak rettar seg mot å gjere foreldra meir motiverte til å ta med barna i meklinga og gjere barna meir motiverte til å bli med i meklinga. God kompetanse om korleis ein kan leggje til rette for og gjennomføre samtalar med barn, er eit pågåande utviklingsarbeid i tenesta. Departementet ventar at prosentdelen barn som blir høyrde i meklingssaker vil auke ytterlegare i åra som kjem. Det er gjennomført fleire tiltak for å sikre at meklarane har god kunnskap om å snakke med barn, sjå nærare omtale av meklings-tilbodet ovanfor.

For å sikre god fagleg kvalitet i samtaletilbod til barn i meklingstilbodet, er Bufdir i ferd med å utvikle ei rettleiing om samtalar med barn. Rettleiinga vil bidra til meir einsretta praksis og kvalitet i det faglege tilbodet.

Handsaming av barnelovsaker i domstolane

Domstoladministrasjonen fekk i 2016 tildelt midlar til kompetanseheving i handsaminga av foreldretvistar etter barnelova. Eit viktig mål har vore å sikre høg kvalitet på sakshandsaminga. Midlane har vore nytta til kompetanseheving for dommarar, advokatar og sakkunnige og til å utvikle betre arbeidsmetodar under sakshandsaminga. Tiltaka har vore gjennomførte med eit overordna mål om å sikre at saker etter barnelova blir handsama til beste for barnet.

Utvalet som mellom anna skulle greie ut om særdomstol i barne- og familiesaker, har levert NOU 2017: 8 Særdomstoler på nye områder?. Utgreiinga blir nærare omtalt under programkategori 11.20 Barnevernet.

Likestilt foreldreskap

Regjeringa vil likestille foreldre som omsorgspersonar, med dei same rettane, men sikre at omsynet til det beste for barnet alltid veg tyngst i saker om barnefordeling og samvær. Lovendringar for å leggje til rette for likestilt foreldreskap blei vedtekne av Stortinget i 2017, jf. Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap) og Innst. 195 L (2016–2017). Etter lovendringa skal utgangspunktet i barnelova vere felles foreldreansvar for alle foreldre uavhengig av samlivsstatus, òg for foreldre som ikkje bur saman når eit barn blir fødd. Denne lovendringa vil tre i kraft i samband med prosjektet for modernisering av Folkeregisteret, som ligg noko fram i tid. Ordlyden i barnelova er endra slik at delt bustad kjem fyrst i lovteksten, som døme på ei av ordningane foreldra kan avtale. Foreldre som ikkje er einige om at barnet skal flytte, må møte til mekling, og varslingsfristen før flytting blir utvida frå seks veker til tre månader. Reglane om tvangsbot er gjorde klarare og enklare, og ansvaret for innkrevjinga skal flyttast frå namsmannen til Statens innkrevjingssentral (SI). Det er òg vedteke nye reglar om oppnemning av meklarar med meir, som er tilpassa dei særlege forholda i saker om tvangsfullføring.

Endringane vil tre i kraft 1. januar 2018, med unntak av endringane om felles foreldreansvar for foreldre som ikkje bur saman når eit barn blir fødd.

Forslag til endringar i folketrygdlova for å styrkje moglegheitene for å ta ut fedrekvoten etter samlivsbrot er nærare omtalt under programkategori 28.50.

Betre rettsvern for barn mot vald og overgrep – nye reglar

Departementet har fremja forslag til endringar i barnelova og straffelova for å gi barn betre rettsvern mot vald og overgrep. Forslaget gjeld mellom anna ei ny plikt for dommaren til å vurdere om den dømde i ei valdssak skal bli pålagd kontaktforbod.

Heimel for DNA-testing ved erklæring av farskap for barn fødde i utlandet

Departementet har hatt på høyring eit forslag til endringar i barnelova og statsborgarlova, og høyringa blir følgd opp i departementet. Føremålet med forslaget er mellom anna å hindre at personar får norsk statsborgarskap på feil grunnlag. Føremålet er også å bidra til å sikre barn sine rettar, særleg retten til å bevare sin identitet og eventuelle eigentlege statsborgerskap, og retten til ikkje å bli skild frå sine foreldre. Bakgrunnen er at det er særlege identitetsutfordringar knytt til foreldreskap og statsborgarskap for barn fødde i utlandet.

I høyringsnotatet er det føreslått at styresmaktene kan be om DNA-test ved erklæring av farskap for barn fødde i utlandet når dette er naudsynt fordi det er tvil om identiteten eller grunn til å tru at det ikkje er gitt riktige opplysningar om kven som er far, for å få norsk statsborgarskap til barnet.

Barnebidrag

Det har over fleire år vore reduksjon i talet på familiar som treng det offentlege tilbodet for å få fastsett barnebidraget. Om lag 45 pst. av dei delte familiane bruker det offentlege tilbodet.

Ved utgangen av 2016 blei det utbetalt barnebidrag og/eller bidragsforskot for 101 624 barn gjennom det offentlege. Barna fordeler seg ganske jamt på dei fleste aldersgruppene. Sett i høve til befolkninga 0–17 år i heile landet er det om lag 9 pst. av barna som får barnebidrag og/eller bidragsforskot gjennom det offentlege. Dei fleste bidragsmottakarane er kvinner, og dei fleste bidragspliktige er menn. Prosentdelen mannlege bidragsmottakarar og kvinnelege bidragspliktige er 7–8 pst.

Forvaltinga til Arbeids- og velferdsetaten på barnebidragsområdet er nærare omtalt under delmål 2.1 Valfridom og fleksibilitet for familiane.

Tabell 4.2 Barn som får bidrag/bidragsforskot gjennom det offentlege, etter alder og storleiken på det gjennomsnittlege bidraget (kroner)

Talet på barn

Gjennomsnittleg bidrag per månad (kroner)

Barn 0–5 år

13 227

1 651

Barn 6–10 år

25 428

1 804

Barn 11–14 år

25 281

1 964

Barn 15–18 år

24 954

2 310

Barn 18 år +

2 710

3 966

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Tal frå april 2017.

Stortinget vedtok 9. mai 2017 endringar i barnelova, jf. Prop. 58 L (2016–2017) og Innst. 255 L (2016–2017). Arbeids- og velferdsetaten (Nav) er ved lovendringa gitt tilgang til å hente inn informasjon frå utdanningsinstitusjonar ved fastsetjing av bidrag etter fylte 18 år. Retten til å motrekne i einskilde høve der det er betalt for mykje i barnebidrag, blei utvida. Endringane i barnelova tredde i kraft 1. september 2017. Endringane i barnelova er ein del av ein heilskapleg gjennomgang av reglane om barnebidrag og bidrag etter fylte 18 år i barnelova med forskrifter.

Vedtak nr. 647, 4. mai 2017

«Stortinget ber regjeringen sikre at ungdommen informeres dersom Nav kontakter deres utdanningsinstitusjon for å få opplysninger vedrørende deres studiesituasjon.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 58 L (2016–2017) Endringer i barnelova (barnebidrag og bidrag etter fylte 18 år), jf. Innst. 255 L (2016–2017).

Departementet har i samband med iverksetjinga av lovendringane følgt opp oppmodingsvedtaket i samråd med Arbeids- og velferdsdirektoratet. For å sikre at ungdommane er orienterte om at Nav vil kontakte utdanningsinstitusjonane deira, er det gjort endringar i varsel- og orienteringsbrev som Nav sender ungdommen når ein av bidragspartane søkjer om fastsetjing eller endring av bidrag etter fylte 18 år. I breva blir ungdommen oppmoda om å dokumentere skulegangen. Dei blir òg informerte om at dersom dei ikkje sender inn etterspurd informasjon innan ein fastsett frist, vil Nav kontakte utdanningsinstitusjonen deira og be om naudsynte opplysingar.

Forvalting av ekteskapslova

Det er fylkesmennene som handsamar søknader om separasjon og skilsmisse. Hausten 2015 blei det mogleg å søkje elektronisk om separasjon. I juni 2016 blei det mogleg å søkje elektronisk om skilsmisse etter samlivsbrot, og frå oktober 2016 blei det same mogleg for skilsmisse etter separasjon. Tal frå Fylksemannen i Oslo og Akershus viser at 60 pst. av seperasjonssøknadane og 62 pst. av skilsmissesøknadane no kjem inn elektronisk. Erfaringane med ordninga har vore gode og bruken av løysingen er stadig aukande.

Bufdir har lansert ein digital informasjonsbase om utanlandske ekteskaps- og skilsmissereglar, som er tilgjengeleg på heimesida til direktoratet.

Kommunale vigslar

I Prop. 91 L (2016–2017) Endringer i ekteskapsloven og bustøttelova m.m. (oppgaveoverføring til kommunene) og lov om overføring av ansvar for kollektivtransport blei det føreslått å overføre mynde til å utføre vigsel frå domstolane til kommunane. Forslaget blei vedteke av Stortinget i juni 2017. Overføringa av oppgåva frå domstolane til kommunane vil skje 1. januar 2018.

Kommunane vil ha plikt til å ha eit tilbod om vigsel i kommunen for eigne innbyggjarar og for personar som ikkje bur i Noreg, men som oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap her. Det alminnelege tilbodet i kommunen til desse gruppene skal vere gratis. Dersom kommunen opnar for at vigslar kan skje utanfor dei ordinære kommunelokala, utover ordinære opningstider eller for brudefolk som ikkje bur i kommunen, kan kommunen krevje å få dekt meirkostnadene ved dette. Dei som får mynde til å utføre vigsel i kommunen, vil vere ordførar, varaordførar og eventuelle kommunalt tilsette eller folkevalde som kommunestyret gir slikt mynde.

For omtale av dei budsjettmessige konsekvensane av saka, sjå budsjettproposisjonen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Foreldrestøttande arbeid

Foreldrestøttande arbeid består av ei rekkje tiltak for å hjelpe foreldre til å bli gode omsorgspersonar for barna sine.

ICDP-programmet er eit viktig verkemiddel i det foreldrestøttande arbeidet. Våren 2016 kom ein positiv evalueringsrapport om utprøving av ICDP-programmet i krisesentera. ICDP-programmet er vidare prøvd ut i asylmottak med gode resultat. Det er òg starta ICDP-rettleiaropplæring av tilsette i Introduksjonsprogrammet for nykomne innvandrarar.

ICDP-programmet er blitt tilpassa til arbeidet for å førebyggje radikalisering og valdeleg ekstremisme, og er retta mot foreldra og andre familiemedlem til ungdom som står i fare for å bli radikalisert.

Eit viktig verkemiddel i det foreldrestøttande arbeidet er tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltaki kommunane. Tilskota skal stimulere fleire kommunar til å ta i bruk tiltak som kan gi barn og foreldre tidleg hjelp i heimen gjennom rettleiing av foreldra og andre foreldrestøttande tiltak. I 2016 var det 67 tiltak i 52 kommunar som fekk støtte til å drive foreldrestøttande arbeid. Tildelingane frå direktoratet viser at foreldrestøttande tiltak blir brukte i mange samanhengar – i barnehagar, i barnevernet, ved helsestasjonane, overfor familiar med minoritetsbakgrunn og overfor flyktningfamiliar. Det er stor søking til ordninga, noko som tyder på at kommunane ser eit behov for foreldrestøttande tiltak til ulike innbyggjargrupper. I 2017 er tilskotsordninga på 27 mill. kroner, noko som er ein auke på nær 25 mill. kroner sett i høve til Prop. 1 S (2013–2014).

For barn i familiar med særleg vanskelege livssituasjonar er det sett i gang utprøving av programmet Nurse Family Partnership i Oslo og Rogaland. I Noreg har programmet fått namnet Familie for første gang. Deltakarfamiliar blir rekrutterte gjennom svangerskapsomsorga og andre fyrstelinjetenester i utprøvingsområda. Programmet blir følgjeevaluert for å kunne vurdere nytteverdi og ei eventuell framtid i norsk kontekst. Utprøvinga av programmet vil til saman ha 150 deltakarar.

Rekrutteringa av deltakarar til utprøvinga har gått noko seinare enn venta. Det inneber at utgifter til programmet er venta å bli noko lågare enn det som blei lagt til grunn i budsjettet for 2017. Departementet legg opp til å nytte deler av mindreutgifta til andre utviklingstiltak på familie- og oppvekstområdet, mellom anna tiltak for å gjere informasjon og tenester meir tilgjengelege på internett. Mindreforbruket vil ikkje verke inn på budsjettbehovet for 2018.

Foreldrehverdag.no blei lansert hausten 2016. Nettstaden gir informasjon og råd til foreldre om korleis dei kan betre samspelet med barna sine. Foreldrehverdag.no er bygd på ICDP-programmet, men er tilpassa ei digital form. Nettstaden har registrert over 600 000 sidevisingar i perioden januar–juli 2017. Foreldrehverdag.no vil bli vidareutvikla slik at fleire tema blir belyste, og fleire foreldre kan søkje hjelp og inspirasjon i foreldregjerninga si.

Tilskot til utvikling av modellar for identifikasjon og oppfølging av barn av psykisk sjuke og barn av foreldre som misbruker rusmiddel

Målsetjinga med tilskotsordninga er å bidra til utvikling av kommunale modellar for identifikasjon og oppfølging av barn av psykisk sjuke og barn av foreldre som misbruker rusmiddel. Ordninga byggjer på Modellkommuneforsøket, som er evaluert med gode resultat. Regjeringa vidareførte og styrkte tilskotsordninga i 2016, og samla tildeling for 2016 var på 23,5 mill. kroner. Bufdir, som forvaltar ordninga, hadde ikkje grunnlag for å dele ut meir enn 7 mill. kroner i tilskot frå ordninga i 2016. Det var såleis eit mindreforbruk på 16,5 mill. kroner på ordninga i 2016. Regelverket blei endra i 2017. Kommunar kan no søkje om større beløp og nytte tilskotet i ein lengre periode enn tidlegare. Det ligg ikkje an til mindreforbruk på ordninga i 2017.

I 2017 blei namnet på tilskotsordninga endra til Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn.

Tilskotsordninga til samlivstiltak

Den overordna målsetjinga med tilskotsordninga til samlivstiltak er å støtte opp om samlivet i parforhold og å skape ein trygg og stabil oppvekst for barna. Løyvinga til ordninga var på 6,7 mill. kroner i 2016. Ordninga blir forvalta av Bufdir. Det blei gitt støtte til 104 samlivskurs og 30 utviklingstiltak i 2015. Programma som blir nytta blir systematisk brukarevaluerte. Tilbakemeldingane frå brukarane er positive.

Strategiar og tiltak for 2018

Familievernet

BLD skal leggje til rette for at familievernet blir utvikla slik at tenestetilbodet nasjonalt blir likeverdig og med god tilgang for alle brukarar. Dagens utgangspunkt med både kyrkjelege og offentlege familievernkontor skal vidareførast. Det vil bli gjort vurderingar av driftsavtalane med dei kyrkjelege familievernkontora opp mot nytt EØS-regelverk.

Kjernetilbodet i familievernet er rådgiving, mekling og par- og familieterapi. Eigenarten ved familievernet og kjernekompetansen knytt til par- og familiebehandling skal oppretthaldast. Tenesta skal vere eit lågterskeltilbod som gir rask og lett tilgjengeleg hjelp til familiar med par- og familiekonfliktar.

Hovudsatsingsområdet for familieverntenesta er å styrkje kapasiteten og auke kompetansen i arbeidet med familiar med høgt konfliktnivå og valdsproblematikk. Sjå nærare omtale under delmål 2.3.

Både i Stortinget si handsaming av Meld. St. 24 (2015–2016) Familien – ansvar, frihet og valgmuligheter, jf. Innst. 390 S (2015–2016), og Stortinget si handsaming av Prop. 1 S (2016–2017), jf. Innst. 14 S (2016–2017), blei det vektlagt at det er naudsynt med ein heilskapleg gjennomgang og evaluering av familieverntenesta. BLD vil setje i verk arbeidet med ein heilskapleg gjennomgang av familieverntenesta.

I tråd med føringar gitt av Stortinget er det ei viktig oppgåve for familievernet å utvikle samarbeidet med kommunale tenester i det førebyggjande arbeidet. Prøveprosjektet med samarbeid mellom familievern og helsestasjonane viser førebels gode resultat og erfaringar.

Familievernet skal styrkje satsinga på digitale tiltak, slik at det skal bli lettare for publikum å ta i bruk tenestene til familievernet. Tiltaka er mellom anna digitale nettressursar med informasjon om familierelaterte problemstillingar, nettkurs baserte på e-post eller andre digitale post- eller tilbakemeldingssystem, e-terapi i sanntid via videochat, til dømes Skype, og digitalisering og differensiering av meklingstenesta.

Regjeringa vil greie ut spørsmålet om lovfesting av det førebyggjande arbeidet i familieverntenesta, jf. Meld. St. 24 (2015–2016) Familien – ansvar, frihet og valgmuligheter.

Meklingstilbod og tilbod til barnefamiliar med høgt konfliktnivå etter samlivsbrot

Bufdir vil halde fram arbeidet med å utvikle meklingstilbodet, mellom anna gjennom auka differensiering. Ulike foreldre og barn har ulike behov og treng tilpassa bistand. Særleg er kartlegging av grad av konflikt mellom foreldra etter brot avgjerande for korleis meklerane skal møte familien. Arbeidet med å utvikle eit betre meklingstilbod og høgare kompetanse hos meklarane, som igjen vil føre til likare praksis for mekling og rådgiving etter samlivsbrot der barn er involverte, vil halde fram.

Bufdir og Domstoladministrasjonen vil halde fram samarbeidet om å utvikle tiltak som kan føre til at fleire saker blir løyste i familievernet. Det blir lagt særleg vekt på tiltak som bidreg til at færre saker kjem til domstolane, og at domstolane sender fleire sakar tilbake til mekling ved familievernkontora viss dei er eigna for det.

Samtalar med barn

Merksemda om barn, at barn har rett til deltaking, og behovet for å gi barn tilbod om samtalar og bistand i familieverntenesta har auka dei seinaste åra. Departementet arbeider for å styrkje tilbodet til barn i familievernet og å leggje til rette for at alle barn får tilbod om samtale når foreldra er i mekling ved samlivsbrot og foreldretvistar.

Bufdir utarbeidde i 2016 ein opptrappingsplan som omtaler ansvaret familieverntenesta har for å leggje til rette for at barn deltek, og tiltak for å auke talet på samtalar med barn i mekling, sjå resultatrapporteringa. Fleire tiltak vil bli vidareførte i 2018.

Det er ei viktig oppgåve for familievernkontora å informere foreldra om at barn har rett til å bli høyrde, og å hjelpe foreldra til å snakke med eigne barn. For å få dette til skal det utviklast ei rettleiing for foreldre om det å snakke med eigne barn før, under og etter samlivsbrot.

Handsaming av barnelovsaker i domstolane

Utvalet som mellom anna skulle greie ut om særdomstol i barne- og familiesaker, har levert NOU 2017: 8 Særdomstoler på nye områder. Utgreiinga og oppfølginga av denne blir nærare omtalte under programkategori 11.20 Barnevernet.

Likestilt foreldreskap

Departementet vil i samarbeid med aktuelle instansar førebu iverksetjing av endringane i barnelova som blei fremja i Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), og som trer i kraft 1. januar 2018. Endringane om felles foreldreansvar for foreldre som ikkje bur saman når eit barn blir født, vil tre i kraft seinare.

Vedtak nr. 488, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen etablere rutiner som sikrer at vordende foreldre som ikke bor sammen når de får barn, får god informasjon om hvilke rettigheter og plikter de har som foreldre, inkludert informasjon om mulighetene for å melde fra dersom man ikke ønsker felles foreldreansvar.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017). Vedtaket er knytt til lovendringa om felles foreldreansvar for alle, òg for foreldre som ikkje bur saman når eit barn blir fødd. Ettersom denne lovendringa er knytt til prosjektet for modernisering av Folkeregisteret, og dermed vil tre i kraft noko fram i tid, må oppmodingsvedtaket bli følgt opp seinare i samband med ikraftsetjing av lovendringa det heng saman med.

Vedtak nr. 489, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen etablere rutiner som sikrer at både mor og far får informasjon om barns tilknytningsbehov (spesielt de tre første leveårene), og om hvordan de best mulig kan tilrettelegge for og møte barnas behov når foreldrene ikke bor sammen.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017). Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å lage rutinar som skal sikre at både mor og far får informasjon om tilknytingsbehov (særleg dei tre fyrste leveåra) og om korleis dei best mogleg kan leggje til rette for og møte behova til barna når foreldra ikkje bur saman. Bufdir må etablere naudsynt samarbeid med Helsedirektoratet.

Vedtak nr. 490, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen sørge for at det finnes statistikk over omfanget av fødsler der far oppgis som ukjent, og utviklingen av dette etter lovendringen.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017). Statistikken skal vise ei utvikling etter ei lovendring som vil tre i kraft fram i tid. Vedtaket blir derfor følgt opp på eit seinare tidspunkt.

Vedtak nr. 491, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere felles foreldreansvar fra fødsel, etter at loven har virket tre år.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017). Lovendringa om felles foreldreansvar for alle foreldre uavhengig av samlivsstatus vil truleg tre i kraft saman med modul tre i modernisert folkeregister. Tidspunktet er enno ikkje fastsett. Evalueringa skal skje etter at lovendringa har verka i tre år, og vil derfor ikkje kunne gjennomførast før tre år etter ikraftsetjinga.

Vedtak nr. 492, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen utarbeide retningslinjer som sikrer likere innholdsmessig praksis for mekling og rådgivning etter samlivsbrudd der barn er involvert.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).

Meklaropplæringa er styrkt for å auke den faglege og praktiske kompetansen i meklinga, både hos meklarane i familieverntenesta og hos dei eksterne meklarane. Meklaropplæringa inneheld fordjupingstema i samtalar med barn, høgkonfliktmekling, kultursensitiv mekling og etikk og rettleiing av meklarane. Det er òg innført obligatoriske meklingssamlingar, praksis og oppfriskingskurs for meklarar.

Bufdir arbeider no med å differensiere meklingstilbodet betre og gi nærare retningslinjer for dette. Differensieringa tek utgangspunkt i behova til foreldra og skal skreddarsy det faglege innhaldet og oppbygginga av meklinga ut frå graden av usemje og konflikt i kvar einskild familie. Meklinga blir supplert med tilbod om samtalar, gruppe og kurs.

Vedtak nr. 493, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen sørge for mer forskning på hvordan barn påvirkes av ulike former for bostedsordninger etter en reorganisering av familien.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017). Institutt for samfunnsforsking har fått eit forskingsoppdrag som har som mål å gi styrkt kunnskap om erfaringar familiar, og særleg barn, har med delt bustad. Sentrale spørsmål er mellom anna korleis ordninga blir praktisert, innverknaden barn har på val og praktisering av bustadordninga, og kva fordelar og ulemper barn sjølve peiker på ved å leve med delt bustad. Prosjektet skal òg identifisere vidare kunnskaps- og forskingsbehov om barn og samlivsbrot. Prosjektet skal ferdigstillast innan utgangen av 2018.

Vedtak nr. 494, 7. mars 2017

«Stortinget ber regjeringen initiere en gjennomgang av dommer avsagt i barnefordelingssaker, for å finne svar på i hvilken grad fedre ikke når frem i rettssystemet og om det er grunn til å senke terskelen for å sende foreldre tilbake til mekling.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 161 L (2015–2016) Endringer i barnelova mv. (likestilt foreldreskap), jf. Innst. 195 L (2016–2017).

Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte.

Foreldrestøttande arbeid

Regjeringa skal utvikle ein nasjonal strategi for det foreldrestøttande arbeidet. Strategien skal særskilt leggje vekt på det førebyggjande tilbodet. Dette er ein del av regjeringas breie satsing på førebyggjande arbeid og er ein del av opptrappingsplanen mot vald og overgrep. Målet med strategien er at fleire barn skal leve gode liv i eigen heim, gjennom auka innsats på førebyggjande arbeid lokalt og ved å gi foreldre konkret hjelp og støtte i foreldrerolla. Med foreldrestøtte meiner ein i denne samanhengen ulike tiltak og tenester som rettar seg mot foreldre frå svangerskapet og til barnet fyller 18 år.

Førebyggjande arbeid og tidleg innsats er heilt avgjerande for familiane som får ein vanskeleg start eller opplever kriser og utfordringar. Førebygging er samfunnsøkonomisk lønnsamt ved at det reduserer behovet for meir kostbare tiltak på eit seinare tidspunkt. Tidleg hjelp til familiar som har behov for det, gjer foreldra betre i stand til å ta vare på barna sine, reduserer belastingane og betrar høvet til utvikling for barna. Altfor mange barn er utsette for vald, overgrep eller omsorgssvikt frå eigne foreldre eller nære omsorgspersonar. Eitt barn som blir utsett, er eitt barn for mykje. Denne strategien skal bidra til å forhindre det. Ordninga med tilskot til foreldrestøttande tiltak i kommunane er eit viktig verkemiddel i dette arbeidet.

Vedtak nr. 604, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen legge til rette for at foreldre får tilbud om foreldreveiledning gjennom helsestasjon, barnevern, familievern eller andre ideelle aktører.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) og Innst. 247 S (2016–2017).

Vedtaket blir følgt opp i arbeidet med den nasjonale strategien for foreldrestøttande arbeid, som regjeringa skal utvikle.

Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn

BLD føreslår i samråd med Helse- omsorgsdepartementet (HOD) at regelverket for tilskotsordninga blir samordna med regelverket for tilskotsordninga Betre tverrfaglig innsats under HOD. Tilskotsordningane rettar seg mot dei same målgruppene. Det vil vere fordelaktig å slå saman ordningane for å nå fleire kommunar og sluttbrukarar og utnytte avsette ressursar betre. Bufdir vil stå for tilskotsforvaltinga i samråd med Helsedirektoratet.

Delmål 2.3: Effektive verkemiddel i arbeidet mot vald og seksuelle overgrep

Vald i nære relasjonar og vald og seksuelle overgrep mot barn er eit alvorleg samfunns- og folkehelseproblem. Det fører til store lidingar for den einskilde og store utgifter for samfunnet.

Regjeringa vil styrkje arbeidet mot vald og seksuelle overgrep mot barn, ungdom og vaksne.

Arbeidet mot vald og seksuelle overgrep omfattar ansvarsområda til fleire departement. BLD koordinerer innsatsen mot vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom, medan Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer innsatsen mot vald i nære relasjonar.

Resultatrapport 2016/2017

Arbeidet mot vald og seksuelle overgrep

Samordning på tvers av sektorar er ein føresetnad for å lukkast i arbeidet med å førebyggje vald mot barn og unge. Fire departement står bak planen En god barndom varer livet ut, regjeringas tiltaksplan for å kjempe mot vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom (2014–2017). Dei fleste tiltaka er ferdigstilte, og nokre vil halde fram etter planperioden. BLD har ansvaret for å gjennomføre ei rekkje tiltak i handlingsplanen Et liv uten vold – Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2014–2017). Mellom anna er arbeidet med å utvikle krisesentertilbodet ei prioritert oppgåve, sjå nærare omtale under.

Regjeringa la hausten 2016 fram Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) med ei tverrdepartemental satsing på 176 mill. kroner. I budsjettforliket blei satsinga styrkt med 338 mill. kroner. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2017 vedtok Stortinget å auke satsinga med ytterlegare 14 mill. kroner til styrking av etterforsking av saker om vald og overgrep mot barn (10 mill. kroner), ATV (1 mill. kroner) og tilskotsordninga til foreldrestøttande tiltak (3 mill. kroner). Barne- og likestillingsdepartementet koordinerer oppfølginga av opptrappingsplanen i samarbeid med Helse- og omsorgsdepartementet, Kunnskapsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Arbeids- og sosialdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Regjeringa la våren 2017 fram Handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017–2020). BLD har ansvar for ei rekkje tiltak i planen. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet med planen.

Vedtak nr. 741, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen sikre at barn som har begått overgrep, barn med traumer eller barn som har vært utsatt for overgrep, følges opp.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – Fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 S (2015–2016).

Regjeringa følgjer opp vedtaket ved å halde fram sitt langsiktige arbeid mot vald, som blant anna er forankra i opptrappingsplanen mot vald og overgrep. Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) har i 2016, på oppdrag frå BLD, kartlagt behandlingstilbodet til barn som er utsett for og som utøver vald og seksuelle overgrep. I tillegg har NKVTS gjennomført ei kartlegging av behandlingstilbodet til barn som utøver seksuelle overgrep i dei nordiske landa, Storbritannia og Nederland. Dette vil gi eit betre grunnlag for å vurdere korleis behandlingstilbodet til barn og unge i Noreg kan organiserast for framtida.

Opptrappingsplanen inneheld fleire tiltak som skal styrkje helsetenestetilbodet til barn og unge utsette for vald eller overgrep. Mellom anna skal forløp for valdsutsette og for valdsutøvarar bli utgreia. I tillegg skal dei regionale helseføretaka etablere eit nasjonalt klinisk nettverk for behandling av barn og unge med problematisk eller skadeleg seksuell åtferd. Alternativ til vold (ATV) er i 2017 styrkja med 11 mill. kroner. Styrkinga skal mellom anna gå til å gi behandlingstilbod til barn som er utsett for vald i familien. I tillegg førar regjeringa vidare det øyremerkte driftstilskotet til Stine Sofie Senteret, som er eit nasjonalt senter for valdsutsette barn, deira trygge omsorgspersonar og søsken.

Kartlegging og utvikling av tenestetilbodet

Som eit grunnlag for arbeidet med opptrappingsplanen har Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) gjennomført ei kartlegging av behandlingstilbodet til barn og unge med problematisk eller skadeleg seksuell åtferd i dei nordiske landa, Nederland og Storbritannia. Denne viser at ingen av landa har etablert eit offentleg landsdekkjande behandlingstilbod til desse barna. NKVTS tilrår mellom anna å auke kompetansen i barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikkar (BUP-ane) om behandling av unge med problematisk eller skadeleg åtferd. Helse- og omsorgsdepartementet har gitt Helse Vest i oppdrag å leie eit nasjonalt klinisk læringsnettverk i spesialisthelsetenesta for behandling av unge med seksuelle åtferdsproblem.

NKVTS har òg gjennomført ei kartlegging av behandlingstilbodet til utøvarar av vald. Den viser at alle helseregionane har behandlingstilbod til målgruppa, men at det manglar spesialiserte behandlingstilbod til vaksne som utøver vald, i store delar av landet. Hovudutfordringane ser ut til å vere manglande kompetanse, manglande kapasitet/ressursar og manglande samarbeid mellom behandlingseiningane. BLD følgjer opp kartlegginga ved å styrkje behandlingstilbodet i familieverntenesta til valdsutøvarar og familiane deira. Tilskotet til Alternativ til vald blei auka med 11 mill. kroner i 2017, sjå nærare omtale nedanfor.

NKVTS skal gjennomføre ei undersøking av kor mange unge som blir utsette for vald og overgrep, ved å spørje barn ned til 12 års alder. NKVTS har tidlegare gått gjennom dei juridiske, etiske og metodiske sidene ved å gjennomføre ei slik undersøking. Ein av konklusjonane var at ei forskrift til helseforskingslova var naudsynt for å kunne gjennomføre undersøkinga. Undersøkinga blei derfor ikkje sett i gang i 2016 som planlagt. I juli 2017 blei forskrifta til helseforskingslova vedteken, og ein pilotdel av undersøkinga er sett i gang.

I byrjinga av 2017 blei kampanjen #ikkegreit lansert på sosiale medium. Kampanjen retta merksemda mot kjærastevald, valdtekt i samband med festing og uønskt deling av bilete på nett.

Samtalar med barn er viktig for å utvikle tenestetilbodet på dette området. Departementet har vidareført støtta til fylkesmennene for å gi kommunetilsette som arbeider med barn og ungdom eit kurstilbod i samtalar med barn om vanskelege tema som vald og seksuelle overgrep. Dei regionale ressurssentera mot vald og traumatisk stress (RVTS) har utarbeidd undervisingsopplegget. Fylkesmannsembeta tilbyr kurs over heile landet. Dette har vore gode tiltak, som jamt over får gode tilbakemeldingar. Ressurssentera har i 2017 fått i oppdrag å utforme eit meir heilskapleg, nasjonalt likeverdig opplæringsprogram som kan nyttast av ulike yrkesgrupper og tilsette med ulik grad av erfaring og kompetanse.

Utval som ser på alvorlege saker der barn og ungdom har vore utsette for vald og seksuelle overgrep

Regjeringa tok imot NOU 2017: 12 Svikt og svik frå eit utval som gjekk gjennom saker der barn og ungdom har vore utsette for grov vald, seksuelle overgrep eller alvorleg omsorgssvikt. Oppgåva til utvalet var å avdekkje om og korleis det offentlege har svikta i slike tilfelle. I 2016 blei det vedteke ei lov som gav utvalet tilgang til konfidensiell informasjon (sjå Prop. 87 L (2015–2016), jf. Innst. 265 L (2015–2016), Lovvedtak 66 (2015–2016)). Utvalet gjekk gjennom 20 saker. Dei fann ut at mange kunne ha sett og gjort noko for å forhindre vald og overgrep i desse sakene. Nokre av dei viktigaste sviktene var at samtale med barna ofte mangla, at tenestene ikkje samarbeidde godt nok, at symptom og teikn på vald ofte blei misforstått i tenestene, at personar dømde for vald og overgrep fekk høve til å gjere nye overgrep, og at plikta til å melde i frå og forhindre vald ikkje blei overhalden. Tilrådingar frå utvalet er mellom anna å gjennomføre eit kompetanseløft i tenestene om å snakke med barn og å innføre ei fast undersøkingsordning i saker der barn har vore utsette for vald og overgrep. Utgreiinga er send ut på offentleg høyring med høyringsfrist 30. november 2017.

Tilskot til tiltak mot vald og overgrep

Bufdir forvaltar ei tilskotsordning til tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar. Det overordna målet med tilskotsordninga er å sikre drift og konkrete tiltak i regi av ideelle organisasjonar som har arbeid mot vald i nære relasjonar som kjerneverksemd. Nokre tiltak mot tvangsekteskap får òg støtte. I 2016 fekk Landsdekkjande telefon for incest- og seksuelt misbrukte, Fellesskap mot seksuelle overgrep (FMSO), Krisesentersekretariatet og Røde Kors’ informasjonstelefon om tvangsekteskap og kjønnslemlesting driftstilskot gjennom ordninga. Fleire organisasjonar fekk aktivitetstilskot.

I 2016 fekk 13 organisasjonar midlar frå tilskotsordninga for tiltak for valdsutsette barn. Prosjekta som får tilskot, spenner frå ulike aktivitetstilbod for barn til workshopar og samtalegrupper for barn utsette for vald og overgrep. Aktørar som har fått tilskot til tiltak, er krisesenter, kommunar, Redd Barna, Blå Kors og Stiftelsen ATV.

I 2017 blei det oppretta ei ny tilskotsordning: Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep. Dette var eit resultat av at tilskot til tiltak mot vald og seksuelle overgrep i nære relasjonar og tilskot til tiltak for valdsutsette barn blei slått saman. Det er gitt tilskot på i overkant av 17 mill. kroner til den nye ordninga i 2017.

Målet med tilskotsordninga er å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og styrkje evna til meistring og livskvaliteten til barn og unge som er eller har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep. Det har vore stor søkning til tilskotsordninga.

Stine Sofie Senteret i Grimstad er eit nasjonalt senter for valdsutsette barn, dei trygge omsorgspersonane deira og søsken. Senteret opna i mai 2016 og skal tilby eit seks dagars kursopphald for heile familien. I 2017 er det øyremerkte tilskotet til Stine Sofie Senteret auka frå 15 til 29,4 mill. kroner. I 2016 besøkte 84 valdsutsette barn i alderen 0–18 år og 20 søsken senteret.

Vedtak nr. 616, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen sikre fortsatt støtte til Stine Sofie Senteret.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), jf. Innst. 247 S (2016–2017).

Vedtaket er følgt opp gjennom vidareføring av tilskotet i 2018.

Arbeidet i familievernet med familiar som lever med vald

I samband med styrkinga av familievernet i 2016 har det vore arbeidd vidare med å utvikle og etablere eit tilbod til valdsutsette barn og familiar og til unge og vaksne valdsutøvarar.

Bufdir og spisskompetansemiljøet innanfor vald samarbeider om å utvikle rettleiingar for arbeid med vald i familieverntenestene. Det er etablert ressurskontor for vald i nære relasjonar i alle regionar. Dei skal ha regionalt kompetanse- og behandlingsansvar når det gjeld vald, og rettleie og hjelpe andre familievernkontor.

I 2016 blei det inngått ein formell intensjonsavtale om samarbeid mellom familievernet og ATV. Det er òg inngått lokale samarbeidsavtalar mellom alle ATV-kontora og nærliggjande familievernkontor. Det er sett i gang eit utstrekt samarbeid mellom lokale ATV-kontor og familievernkontor om fagutvikling, rettleiing og einskildsaker. På nasjonalt plan samarbeider ATV med kompetansemiljøet for vald ved Enerhaugen familievernkontor.

Stiftinga Alternativ til vald

Stiftinga Alternativ til vald (ATV) har i 2017 fått tilskot til drift av ATV-kontor. Målet med tilskotet er å få til eit behandlingstilbod til utøvarar av vald i nære relasjonar og til familien til valdsutøvaren (utvida mandat).

Behandlingstilbodet skal vere eit lågterskel behandlingstilbod utan krav til tilvising. ATV har til saman elleve kontor. Nokre av kontora har tilbod til familien og barna til valdsutøvaren, og nokre kontor har tilbod til unge valdsutøvarar. Til saman fekk 1 117 personar behandling gjennom ATV-tilboda i 2016. Det statlege tilskotet til ATV blei styrkt med 5 mill. kroner i 2016. Denne auken blei nytta til å styrkje dei minste einingane i ATV, slik at det no er minimum tre årsverk ved ATV-kontora.

Driftstilskotet til ATV blei styrkt med ytterlegare 10 mill. kroner i 2017. Midlane skal gå til utvida mandat ved alle kontor, slik at ATV òg kan gi tilbod til både vaksne valdsutsette og valdsutsette barn. Det auka tilskotet skal òg bidra til styrking av eksisterande ATV-verksemder og til etablering av nye. Det er sett i gang arbeid med å etablere eit nytt ATV-kontor i Bodø og eit i Follo.

I Revidert nasjonalbudsjett 2017 blei det i tillegg løyvd 1 mill. kroner til styrking av ATV. Etter dialog med ATV er det lagt opp til at midlane skal gå til å vidareføre og styrkje arbeidet med informasjonssamtalar med barn som har opplevd vald i eigen familie, fyrst og fremst ved ATV-tilbodet i Akershus. Dette er i tråd med føringar frå Stortinget.

Krisesentera

Alle kommunar har plikt til å ha eit krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Krisesentera er eit hjelpetilbod med særleg kompetanse på vern og tryggleik, og råd og rettleiing til utsette for vald i nære relasjonar. I 2016 var det 47 krisesentertilbod. Inkludert i dette talet er eit eige krisesenter for menn.

Det budde 1 832 vaksne på krisesentera i 2016, og av dei var 131 menn. 63 pst. av bebuarane hadde innvandrarbakgrunn. Krisesenterstatistikken gir no meir kunnskap om barn på krisesentera og viser at det var 1 490 barn ved krisesentera i 2016.

Figur 4.2 Bebuarar og dagbesøk på krisesenter 2011–2016

Figur 4.2 Bebuarar og dagbesøk på krisesenter 2011–2016

Fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunane følgjer opp plikta til å sørgje for eit krisesentertilbod. I 2016 fekk Fylkesmannen i oppdrag å innhente informasjon frå kommunane om tilbodet til utsette grupper, til dømes brukarar med rus- og psykiske problem, brukarar med funksjonsnedsetjingar og menn med barn som kjem til krisesentra. Rapporteringane frå embeta viser at ikkje alle kommunar har eit godt nok tilbod til utsette grupper.

Det er sett i gang eit utviklingsprosjekt for å styrkje krisesentertilbodet til utsette grupper. Tre kommunar (Moss, Molde og Bodø) utviklar modellar for at valdsutsette med utfordringar knytte til rus, alvorlege psykiske lidingar eller funksjonsevne får eit betre tilbod. Arbeidet vil skje over fleire år og omfatte fleire kommunar. Bufdir har i 2017 inngått avtale med Tønsberg kommune/Krisesenteret i Vestfold om eit slikt utviklingsprosjekt.

Ei ny forskrift om fysisk sikring i krisesentertilbodet blei fastsett 7. mars 2017. Forskrifta konkretiserer krava til fysisk sikring i krisesentertilbodet og tilsvarande butilbod. Både tilsette og brukarar skal sikrast gjennom forskrifta, som òg fastslår at det er kommunen som har ansvar for den fysiske tryggleiken i krisesentertilbodet.

Ei fagleg rettleiing om innhald og kvalitet i krisesentertilbodet, til dømes om barn på krisesenter, skal utarbeidast. Dette er eit ledd i arbeidet med å følgje opp evalueringa av korleis kommunane følgjer opp krisesenterlova. Rettleiinga skal liggje føre i 2017/2018.

Tabell 4.3 Gjennomsnittleg opphaldstid på krisesentera (tal døgn) 2011–2016

2011

2012

2013

2014

2015

2016

Alle bebuarane

28

30

28

28

29

28

– bebuarar utan innvandrarbakgrunn1

22

22

21

23

23

24

– bebuarar med innvandrarbakgrunn

32

37

34

33

35

33

Andel bebuarar med innvandrarbakgrunn (i prosent)

62

65

66

62

67

63

1 Personar med innvandrarbakgrunn er personar som er fødde i utlandet eller har to utanlandske foreldre.

Kjelde: Sentio Research Norge.

Støttesentera mot incest og seksuelle overgrep

Sentera mot incest og seksuelle overgrep er eit lågterskeltilbod utan krav til tilvising, der personar som er blitt utsette for seksuelle overgrep, og pårørande kan få råd, støtte og rettleiing. Sentera blir finansierte gjennom ei tilskotsordning som Bufdir forvaltar. Alle fylka i landet har eit slikt tilbod i dag.

Totalt tok 3 124 kvinner og 817 menn kontakt med sentera i løpet av 2016. Totalt 2 602 personar besøkte sentera i 2016. 82 pst. av dei som var utsette for seksuelle overgrep, og 74 pst. av dei pårørande var kvinner. Berre 8 pst. av dei utsette som oppsøkte sentera, hadde innvandrarbakgrunn.

Det er for 2017 gjort nokre endringar i regelverket, mellom anna er ramma for auke i det statlege tilskotet sett høgare enn ordinær prisjustering. Dette er ei oppfølging av stortingsvedtaket i samband med handsaminga av 2017-budsjettet om å auke løyvinga med 2 mill. kroner, jf. Innst. 14 S (2016–2017).

For å sikre god vidareutvikling av tilbodet ved støttesentera mot incest og seksuelle overgrep er det behov for meir kunnskap. Velferdsforskingsinstituttet NOVA evaluerer sentera og vil mellom anna vurdere den utoverretta verksemda til sentera, brukarerfaringar med tilbodet og tilskotsordninga. Evalueringa skal ferdigstillast i løpet av 2017.

Figur 4.3 Incestsentera. Nye brukarar1 fordelte på kvinner og menn i perioden 2011–2016

Figur 4.3 Incestsentera. Nye brukarar1 fordelte på kvinner og menn i perioden 2011–2016

1 Dette omfattar utsette og pårørande som tek kontakt med sentera for aller fyrste gong. Tala for fyrstegongskontakt omfattar telefon, SMS, e-post og brev.

Kjelde: Sentio Research.

Strategiar og tiltak for 2018

Arbeidet med å kjempe mot vald og seksuelle overgrep – Opptrappingsplan

Regjeringa vil vidareføre og styrkje innsatsen for å førebyggje vald og overgrep. Regjeringa la hausten 2016 fram ein opptrappingsplan som skal redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep.

Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) blei handsama i Stortinget 25. april 2017 (Innst. 247 S (2016–2017)). Arbeidet med å følgje opp opptrappingsplanen vil bli prioritert i 2018. Arbeidet omfattar ansvarsområda til fleire departement. BLD vil koordinere arbeidet med oppfølginga.

Den samla satsinga frå Saldert budsjett for 2017 på om lag 530 mill. kroner til tiltak i opptrappingsplanen blir vidareført i 2018. Denne satsinga omfattar mellom anna ei styrking av behandlingstilbodet til valdsutsette og -utøvarar i regi av familievernet, ATV og helsetenesta. Vidare omfattar satsinga ei styrking av kompetansen i ulike tenester om vald og overgrep og ei styrking av det foreldrestøttande arbeidet i kommunane. Statens barnehus og politietterforskinga av saker om vald og overgrep blei òg styrkte. I tillegg blir det no etablert ei ny landsdekkjande offeromsorg tilknytt dei nye politidistrikta.

I 2018 styrkjer regjeringa satsinga ytterlegare og føreslår ei tverrdepartemental satsing på 54 mill. kroner til oppfølging av tiltak i opptrappingsplanen:

  • 5 mill. kroner til å prøve ut TryggEst, ein modell for risikoutsette vaksne som har behov for vern mot vald og overgrep, sjå omtale nedanfor

  • 7 mill. kroner til å styrkje kapasiteten og kompetansen på medisinske undersøkingar i barnehusa, sjå Prop. 1 S for Helse- og omsorgsdepartementet

  • 11 mill. kroner til å styrkje kapasiteten og kompetansen i Statens barnehus, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • 20 mill. kroner til styrking av kapasiteten og kompetansen i politiet til etterforsking i saker som gjeld vald og overgrep mot barn, samanlikna med Saldert budsjett 2017, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

  • 11 mill. kroner til å styrkje arbeidet mot internettrelaterte overgrep mot barn, sjå Prop. 1 S for Justis- og beredskapsdepartementet

I tillegg er 200 mill. kroner av veksten i frie inntekter i kommunesektoren i 2018 grunngitt med auka satsing på førebyggjande tiltak for barn, unge og familiar. Dette vil vere med på å ruste kommunane for eit større ansvar på barnevernsområdet i samband med barnevernreformen. Samstundes underbyggjer det regjeringa sine prioriterte satsingar innanfor arbeid med psykisk helse, rus og opptrappingsplanen mot vald og overgrep, og det opnar òg for at kommunane kan prioritere ytterlegare satsing på helsestasjons- og skulehelsetenesta i 2018.

Regjeringa vil prøve ut modellen TryggEst i samarbeid med nokre kommunar. TryggEst er ein modell for risikoutsette vaksne over 18 år som har behov for vern mot vald og overgrep. Dette kan vere personar som på grunn av eigen livssituasjon får eller burde ha fått tilbod om offentlege eller private tenester, og som i liten eller ingen grad er i stand til å ta vare på seg sjølve. Til dømes kan dette gjelde personar med fysisk, psykisk eller kognitiv funksjonsnedsetjing, høg alder, demens eller rusproblem. TryggEst skal gjere kommunane betre i stand til å ta hand om lovpålagde oppgåver på ein systematisk måte og vil gi betre vern til risikoutsette vaksne. Sjå nærare omtale under programkategori 11.40.

Forsking har vist at menneske med utviklingshemmingar er meir utsette for vald og overgrep enn befolkninga elles. Det vil bli utarbeidd retningslinjer som omtaler sårbarheita til barn og unge med nedsett funksjonsevne. Retningslinjene vil òg inkludere informasjon knytt til andre utsette barn, som til dømes barn med minoritetsbakgrunn.

Kunnskapen om vald og overgrep i offentlege tenester er mangelfull. Regjeringa vil derfor starte arbeidet med å utvikle ein nasjonal kompetansestrategi mot vald og overgrep, jf. tiltak i opptrappingsplanen mot vald og overgrep. Arbeidet vil involvere fleire departement. Departementet vil gi driftstilskot til NKVTS for å styrkje kunnskapen om vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn og unge.

Bufdir skal i 2018 vidareutvikle digitalt informasjonsmateriell til arbeid mot vald og seksuelle overgrep i barnehage og skule. Nettressursen skal òg bli gjord kjend i alle fylke og kommunar. Vidare skal arbeidet med å gi informasjon om vald og overgrep til befolkninga generelt og til særskilde grupper prioriterast, jf. tiltak i opptrappingsplanen mot vald og overgrep. Å bryte tabua kring vald kan bidra til at fleire utsette tør å snakke om opplevingane sine og dermed få hjelp tidlegare.

Styrkinga av politiet si etterforsking i saker som gjeld vald og overgrep mot barn skal mellom anna bidra til at fleire saker kjem for retten.

Det er behov for meir kunnskap om korleis ein bør snakke med barn om vald og seksuelle overgrep, særleg blant vaksne som har dagleg kontakt med barn og unge gjennom jobb eller fritidsaktivitetar. RVTS utviklar eit nasjonalt opplæringsprogram som er modulbasert og tilpassa ulike målgrupper. Målet er at ulike faggrupper i kommunane skal få tilbod om programmet i 2018.

Det er gjort mykje for å kjempe mot valdtekt og sikre offera naudsynt oppfølging. Det står likevel framleis utfordringar igjen på ansvarsområda til fleire departement. Regjeringa vil derfor hausten 2017 starte arbeidet med ein ny handlingsplan mot valdtekt. Justis- og beredskapsdepartementet vil koordinere arbeidet. Vidare skal regjeringa følgje opp tiltak i handlingsplanen mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlesting.

Som eit ledd i oppfølginga av regjeringas arbeid mot vald og seksuelle overgrep blir det i 2018 vidareført midlar til tilskot til ideelle organisasjonar og stiftingar med fleire som arbeider på valdsfeltet. Det gjeld tilskot til tiltak mot vald og overgrep, som har som føremål å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og styrkje livskvaliteten og meistringsevna hos barn og unge som er utsette for vald og overgrep. Vidare gjeld det øyremerkte driftstilskot til Stine Sofie Senteret.

Regjeringa vil i 2018 òg følgje opp utgreiinga frå barnevaldsutvalet, som blei lagd fram sommaren 2017.

I samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) gjorde Stortinget 36 oppmodingsvedtak. Oppfølginga av stortingsvedtaka vil føre med seg ein betydeleg ressursinnsats, og det vil vere naudsynt å prioritere når det gjeld tidspunkt for gjennomføring av dei ulike vedtaka, som er omtalte under.

Vedtak nr. 596, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen i samarbeid med KS utarbeide veiledere om hvordan ansatte i kommuner kan avdekke og følge opp vold i nære relasjoner.»

Det er sett i gang arbeid med å utarbeide og revidere fleire rettleiingar knytte til arbeidet med å førebyggje vald og overgrep i kommunane. Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) reviderer ei rettleiing som skal hjelpe kommunane med å utarbeide handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Kunnskapsdepartementet reviderer Veileder for utarbeidelse av plan for krisehåndtering. Mistanke om ansattes seksuelle overgrep mot barn. Bufdir utarbeider retningslinjer som omtaler sårbarheita til barn og unge med nedsett funksjonsevne og andre utsette barn. Regjeringa vil i lys av dette ha ein dialog med KS for å kartleggje nærare kva behov kommunane har. Departementet vil orientere Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 606, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere behovet for å kreve politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn, men som ikke faller inn under særlovgivningen.»

Departementet har gitt Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet i oppdrag å vurdere behovet for å krevje politiattest for yrkesgrupper som er i kontakt med barn, og som det i dag ikkje finst heimel for å krevje politiattest frå i spesiallovgivinga eller i politiregisterforskrifta. Departementet vil orientere Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 607, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede en sertifiseringsordning som alle offentlig ansatte som er i kontakt med barn, må gjennomføre. Ordningen skal sikre at alle har kompetanse om vold og overgrep, den bør være enkel og praktisk å gjennomføre, og det bør stilles krav om fornyelse f.eks. hvert andre år.»

Departementet vil greie ut korleis ein kan sertifisere offentleg tilsette for å sikre at dei har tilstrekkeleg og oppdatert kompetanse om vald og overgrep. Departementet vil orientere Stortinget om arbeidet på eigna måte.

Vedtak nr. 626, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen sikre at det rapporteres i de årlige budsjettproposisjonene i løpet av planperioden på måloppnåelse på alle tiltak vedtatt i opptrappingsplanen mot vold og overgrep.»

Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021) blei vedteken av Stortinget 25. april i år. 2017 er fyrste året i planperioden. Det vil derfor bli rapportert på ordinær måte i resultatrapporteringa i Prop. 1 S (2018–2019).

Vedtak nr. 627, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen utarbeide en rapport på lik linje som da opptrappingsplanen for psykisk helse ble utarbeidet, og som skal være grunnlag for vurdering av de økonomiske behovene knyttet til bekjempelse av vold og overgrep i planperioden.»

Barne- og likestillingsdepartementet har i samarbeid med aktuelle departement sett i gang eit arbeid for å berekne kostnader ved ulike tiltak mot vald og overgrep. Departementet tek sikte på å ferdigstille utgreiinga innan utgangen av 2017. Utgreiinga vil vere eit sentralt grunnlag for å vurdere dei økonomiske behova knytte til tiltak mot vald og overgrep i perioden som står att av opptrappingsplanen.

Vedtak nr. 628, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen i forslag til statsbudsjett for 2018 komme med forslag til økonomiske forpliktelser og øremerking for planperioden knyttet til tiltakene i opptrappingsplanen mot vold og overgrep.»

Sjå omtale under vedtak nr. 627.

Dei resterande oppmodingsvedtaka er omtalte under dei relevante temaområda i denne proposisjonen.

Familievernets arbeid med familiar som lever med vald

Vedtak nr. 602, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen fortsette opptrappingen av familievernkontorene slik at det sikres egne ansatte som arbeider med voldsarbeid på alle familievernkontor, og at arbeidet med familier med voldsutfordringer ikke går på bekostning av familievernets kjerneoppgaver.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), jf. Innst. 247 S (2016–2017).

I 2018 skal det arbeidast vidare med å utvikle og etablere eit tilbod i familievernet til valdsutsette barn og familiar og til valdsutøvarar. Spisskompetansemiljøet på vald skal, i samarbeid med ATV, bidra til at familieverntenesta kan gi eit meir standardisert og kunnskapsbasert tilbod til valdsutøvarar og valdsutsette.

Regjeringa sin innsats for familievernet er nærare omtalt under Strategiar og tiltak under delmål 2.2 Trygge familierelasjonar, likestilte foreldre og godt foreldresamarbeid til beste for barna.

Vedtak nr. 603, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen styrke familievernkontorenes allmenne arbeid med forebygging av vold for å avdekke risikofamilier og gi foreldrene verktøy til å håndtere vanskelige følelser og eventuelt disposisjon for utøvelse av vold.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), jf. Innst. 247 S (2016–2017).

Sjå omtale av vedtak nr. 602, 25. april 2017.

Stiftinga Alternativ til vold

Departementet vil vidareføre ordninga med tilskot til stiftinga Alternativ til vold (ATV) til drift av ATV-kontor. ATV skal gi eit lett tilgjengeleg lågterskel behandlingstilbod. ATV og Bufdir samarbeider for å styrkje kompetansen og behandlingskapasiteten i tilboda frå familievernet til utsette barn, unge valdsutøvarar og vaksne utøvarar av vald i familien. Samarbeidet mellom familievernet og ATV skal vidareførast i 2018.

Vedtak nr. 618, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen sørge for at alle ATV-kontor får et familiemandat i løpet av planperioden.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), jf. Innst. 247 S (2016–2017).

Driftstilskotet til Alternativ til vold (ATV) blei auka med 10 mill. kroner i 2017. Midlane skal mellom anna gå til utvida mandat ved alle kontor, slik at ATV òg kan gi tilbod til både vaksne valdsutsette og barn utsette for vald. Dette går fram av føringar BLD har gitt i tilskotsbrevet til ATV for 2017.

ATV skal i 2018 arbeide vidare for å utvikle det eksisterande tilbodet sitt gjennom eit familiemandat, slik at dei skal kunne gi meir heilskapleg behandling av valdsutøvarar og familiane deira, inkludert unge valdsutøvarar.

Krisesenter

Regjeringa vil halde fram med å arbeide for å auke kvaliteten i krisesentertilbodet. Den faglege rettleiinga om innhald og kvalitet i krisesentertilbodet skal bli gjord kjend. Vidare vil utviklingsprosjektet for å styrkje tilbodet til utsette grupper i krisesentertilbodet bli vidareført og omfatte fleire kommunar. ICDP-programmet har blitt tilpassa foreldre på krisesenter, med godt resultat. Arbeidet med å auke bruken ved fleire senter vil halde fram.

RVTS-ane får årleg i oppdrag å arrangere kompetanseheving for tilsette i krisesentertilboda og i sentera mot incest og seksuelle overgrep, nasjonalt og regionalt. Den nasjonale konferansen er ein sentral arena for ny kunnskap og nettverksbygging for tilsette. Dei regionale samlingane er viktige for nettverks- og kunnskapsbygging lokalt.

For å klargjere ansvaret til kommunane for å førebyggje vald og overgrep, vil departementet hausten 2017 byrje å greie ut behovet for endringar i krisesenterlova.

Fylkesmannen skal føre tilsyn med at kommunane følgjer opp plikta til å sørgje for eit krisesentertilbod basert på risikovurderingar. Behovet for tettare samarbeid mellom fylkesmannsembeta og Bufdir om krisesentertilbodet vil bli vurdert nærare.

Støttesentera mot incest og seksuelle overgrep

BLD vil vidareføre ordninga med tilskot til senter mot incest og seksuelle overgrep og senter mot valdtekt. Tilbodet ved sentera blir evaluert i 2017, og departementet vil i 2018 vurdere korleis resultata kan bli følgde opp, mellom anna om det er behov for å endre regelverket for tilskotsordninga.

Delmål 4.1 Like moglegheiter til deltaking for barn og ungdom

Regjeringa vil at alle barn og unge skal ha like moglegheiter til å delta i samfunnet. Det er òg viktig at barn og unge deltek og medverkar i samfunnet. Regjeringa vil leggje vekt på at fleire kommunar arbeider for brei medverknad frå barn og unge. For å nå målet er det viktig at barn og ungdom får gi og ta imot informasjon på eigne premissar.

Resultatrapport 2016/2017

Rettar og deltaking for barn og ungdom

Dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige aktørar for å sikre medverknad og deltaking for barn og unge. Dei skal òg bidra til at unge utviklar engasjement og medansvar nasjonalt og internasjonalt, og vere ein arena for medverknad og demokrati. I overkant av 125 mill. kroner blei utbetalte som tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar i 2016. Dette går til nasjonal og internasjonal grunnstøtte og nasjonal og internasjonal driftsstøtte til LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede. Grunnstøtta skal mellom anna leggje til rette for at barn og ungdom deltek i barne- og ungdomsorganisasjonane, og sikre organisasjonane som arena for medverknad og demokrati.

Noreg deltek i EU-programmet Erasmus+ (2014–2020). Erasmus+ gir tilskot til prosjekt innanfor utdanningssektoren, ungdomsfeltet og idretten. Målet er å fremje interkulturell læring, aktiv deltaking og inkludering for alle typar ungdom. Det har vore ein auke i deltakinga i programmet. I 2017 deltek òg Noreg i fyrste fase av European Solidarity Corps. Dette prosjektet er ein del av ei større satsing på ungdom i EU.

For andre år på rad deltok barne- og likestillingsministeren på FN-arrangementet ECOSOC Youth Forum. Tre ungdomsdelegatar deltok òg som ein del av departementet sin delegasjon. Arrangementet er ein viktig arena for å synleggjere og styrkje ungdom si rolle i gjennomføring av berekraftsmåla til FN, både nasjonalt og internasjonalt.

FN-konvensjonen om barnerettar

Noreg leverte sin femte og sjette rapport til FNs barnekomité hausten 2016. Rapporten er tilgjengeleg på norsk, engelsk og samisk. Hausten 2017 er det venta at barnekomiteen vil komme med skriftlege spørsmål dei ønskjer at Noreg skal svare på.

Forum for barnekonvensjonen har i 2017 levert ein rapport frå sivilsamfunnet til FNs barnekomité om barnerettar i Noreg. Forumet fekk i 2016 midlar frå departementet for å utarbeide ein slik rapport. Vidare har Barneombodet og Sametinget utarbeidd ein supplerande rapport.

På regionalt plan blei Fylkesmannen i Troms òg i 2016 og 2017 tildelt midlar frå BLD for å arbeide med Sjumilssteget. Sjumilssteget handlar om å setje i verk barnekonvensjonen i kommunane og hjelpe kommunane med å konkretisere artiklane i barnekonvensjonen, slik at dei kan brukast til å kvalitetssikre tenestene til barn og unge. Fylkesmannen i Troms har formidla metodikken til alle fylka. Over halvparten av kommunane/bydelane i landet har delteke i satsingar initierte av fylkesmannsembetet og innført ein variant av metoden.

Medverknad og informasjon

Ung.no er den offentlege informasjonskanalen for ungdom. Ung.no er eit godt digitalt informasjonstilbod til ungdom og er i dag den største nettstaden for denne målgruppa i Noreg. Til og med juli 2017 registrerte ung.no 9,1 mill. brukarar, ein auke på 13 pst. frå 2016. Spørjetenesta svarte frå januar og ut juli på 35 000 spørsmål, mot 26 000 i heile 2016. Auken kjem i hovudsak av at spørsmåls- og svartenesta om helseinformasjon Klara Klok blei integrert i ung.no frå 1. januar 2017. Ung.no tilbyr ungdom «ei dør inn» til faglig informasjon om kropp, helse og seksualitet. På nettstaden finn dei unge også kvalitetssikra informasjon og gode råd om dei fleste tema dei lurer på, til dømes problem i heimen, mobbing, hatprat og diskriminering, lovbrudd, einsemd, forelsking, seksualitet, utdanning og jobb.

Stortinget vedtok 29. mai 2017 endringar i kommunelova om råd for eldre, personar med funksjonsnedsetjing og ungdom, jf. Prop. 65 L (2016–2017) og Innst. 318 L (2016–2017). På oppvekst- og levekårsområdet blir arbeidet følgt opp ved at det blir gitt forskrift om oppgåver, organisering og sakshandsaming for medverknadsordning for ungdom.

Eit inkluderande oppvekstmiljø

Regjeringa har vidareført arbeidet for å skape gode og trygge oppvekstvilkår for alle barn og unge.

Bufdir forvaltar tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Ordninga er på 32 mill. kroner og omfattar 23 bykommunar og 8 prioriterte bydelar i Oslo. Tiltaka er fleirårige, og 20 nye tiltak fekk støtte i 2017. Tilskotsordninga bidreg til å skape opne og inkluderande fritidstilbod til barn og ungdom i kommunane. Forsking viser at opne møteplassar er mest brukte av ungdom som tradisjonelt ikkje deltek i organiserte fritidsaktivitetar, og at dei derfor utgjer ein viktig del av det heilskaplege tilbodet. Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn står overfor særskilde utfordringar. Arbeid som fremjar integrering, har derfor vore høgt prioritert i 2017. Bufdir nyttar fleire kjelder for å følgje opp at føremålet med ordninga blir nådd, til dømes rapportering frå tilskotsmottakarane, evalueringar og forsking.

Det overordna målet med tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom er å styrkje tilknytinga til skulen og gi trivsel og meistring til dei som står i fare for å avbryte utdanninga si. Ordninga skal bidra til betre skuleprestasjonar og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring. Ei evaluering av ordninga viste at 70 pst. av ungdommane på kort sikt fekk betre tilknyting til skule og arbeidsliv.

Tilskotsordninga Mangfald og inkludering skalstøtte opp om lokale ungdomsprosjekt som legg vekt på mangfald, haldningar og nye former for deltaking. Ordninga legg òg til rette for at frivillige organisasjonar og andre kan søkje om midlar til tiltak som førebyggjer radikalisering og valdeleg ekstremisme. LNU tek imot og vidarefordeler midlane. I 2016 fekk dei 86 søknader og gav stønad til 43 av desse. Midlane går til ulike prosjekt i ungdomsorganisasjonar, fritidsklubbar og andre ungdomsmiljø og -grupper.

BLD har støtta forskingsprogrammet Sivilsamfunn og frivillig sektor2013–2017. På området til departementet blei rapporten Samfunnsengasjert ungdom publisert i februar 2017.

Vedtak nr. 785, 7. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen sørge for mer kunnskap om årsakene til at barn opplever kroppspress og sliter med dårlig selvbilde.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er eit representantforslag om å førebyggje kroppspress hos barn og unge, jf. Dokument 8:26 S (2015–2016) og Innst. 327 S (2015–2016).

Departementet har i samråd med Helsedirektoratet gitt Velferdsforskingsinstituttet NOVA i oppgåve å utarbeide ein rapport om kroppsbilete og skulepress, inkludert kroppspress. Rapporten blei publisert i august 2017 og gir ei drøfting av korleis ungdom sjølv oppfattar press, og korleis dei opplever psykiske plager. I tillegg har Ipsos MMI utarbeidd rapporten Slik er ungdommen på oppdrag frå BLD. Rapporten blei publisert i desember 2016 og byggjer på spørjeundersøkinga Norsk Monitor. Rapporten går gjennom svara som er gitt om ei rekkje tema om fysisk og psykisk helse over ein periode på 14 år. Han gir indikasjonar på at unge mellom 15 og 20 år har eit mindre positivt syn på eigen kropp no enn tidlegare. Funna må sjåast i samanheng med anna forsking for å kunne seie noko om årsakene til dette.

Strategiar og tiltak for 2018

Rettar og deltaking for barn og ungdom

Barn og ungdom har rett til medverknad. Regjeringa vil føre ein politikk som legg til rette for at dei kan bruke denne retten. Barn og ungdom har ei viktig stemme i samfunnsdebatten.

Regjeringa vil styrkje den heilskaplege innsatsen for å skape gode levekår og oppvekstmiljø for barn og unge. I tråd med Innst. 154 S (2016–2017) om eit nasjonalt kompetansesenter for ungdomspolitikk, ungdomsmedverknad og ungdomsinformasjon skal Bufdir vidareutviklast som fagdirektorat og vere ein ressurs og retningsgivar på det ungdomspolitiske feltet for kommunane og frivillig sektor. Slik skal direktoratet bidra til å utvikle gode tilbod for ungdom lokalt. Demokratiopplæring gjennom aktiv deltaking i ungdomsråd og anna organisasjonsliv er eit særs viktig område. Bufdir skal òg vere ein fagleg ressurs for departementet i politikkutvikling på feltet, dette gjeld på tvers av sektorar og fagområde.

Den norske deltakinga i EU-programmet Erasmus+ held fram i 2018. Internasjonal deltaking fremjar medverknad, aktiv medborgarskap, sosial inkludering og solidaritet. I tillegg bidreg kulturutveksling til større kunnskap om og forståing for kulturskilnader, demokratiutvikling og menneskerettar.

Eit inkluderande oppvekstmiljø

Gode og trygge møteplassar for barn og ungdom i byane legg til rette for sosialt samkvem på tvers av sosiale og kulturelle skiljelinjer. Departementet føreslår at tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn blir vidareført. Dei større bykommunane kan styrkje oppvekstmiljøet til barn og unge ved å etablere eller vidareutvikle opne og trygge møteplassar. Møteplassane skal særleg leggje til rette for å inkludere utsette ungdomsgrupper.

Departementet føreslår at tilskotsordninga Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom blir vidareført. Denne tilskotsordninga gjer det mogleg for kommunane å arbeide målretta med ungdom og leggje til rette for tettare oppfølging og betre samordning av tilbod til ungdom i vanskelege livssituasjonar. Målet er å styrkje tilknytinga til skulen, trivsel og mestring.

Delmål 4.2 Redusere konsekvensar av fattigdom for barn og unge

Dei fleste barn i Noreg veks opp i trygge familiar med gode økonomiske vilkår. Samstundes er det familiar som fell utanfor på grunn av dårlege levekår, svak økonomi eller begge delar. Dette rammar barna. Regjeringa har som mål å skape like moglegheiter for alle. Det sosiale tryggingsnettet skal styrkjast, slik at fleire blir løfta opp og færre fell utanfor. Regjeringa arbeider for at alle barn skal kunne delta i ferie- og fritidsaktivitetar.

Resultatrapport 2016/2017

Strategi mot barnefattigdom 2015–2017

Regjeringas strategi for barn som lever i fattigdom, blei sett i verk i 2015. Strategien har 64 tiltak fordelte på 7 innsatsområde. Samarbeid med fylkesmenn, kommunar og det sivile samfunnet er viktig i arbeidet.

Fleirtalet av barna i Noreg veks opp i familiar med gode sosiale og økonomiske vilkår. Samstundes som dei fleste familiane har opplevd ein auke i velstanden, har delen barn som lever i familiar med vedvarande låginntekt, auka i perioden 2013–2015. Dei siste tala frå SSB baserte på EUs definisjon av låginntekt viser at det i perioden 2013–2015 var 98 200 barn under 18 år som levde i familiar med vedvarande låginntekt.

Det vil i 2017 bli utarbeidd ein statusrapport for arbeidet mot barnefattigdom. Rapporten vil gi oppdatert kunnskap på feltet og innehalde ei evaluering av om innsatsområda i strategien treffer målgruppa.

Barnefattigdom.no er i 2017 utvikla vidare som ein arena for kunnskap, som gjer kommunane betre i stand til å arbeide målretta mot barnefattigdom. Barnefattigdom.no inneheld mellom anna eit sett med indikatorar kommunane kan bruke for å identifisere fattigdomsutfordringar i eigen kommune. Indikatorane er eit verktøy for å få meir kunnskap om omfanget og utviklinga av barnefattigdom. Fylke, kommunar og bydelar i dei største byene kan jamføre seg med andre på utvalde indikatorar.

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom gir offentlege instansar, bydelar, frivillige organisasjonar, stiftingar og barne- og ungdomsorganisasjonar høve til å søkje om midlar. Målet er å gjere det mogleg for fleire barn, ungdommar og familiar å delta i ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av inntekta til foreldra. Tilskotsordninga skal bidra til å redusere og dempe konsekvensane for barn som lever i fattigdom. I 2017 var løyvinga på over 219 mill. kroner. Det har vore utfordringar med lang sakshandsamingstid for nokre av tilskota i 2017. Det er satt i verk tiltak for å betre rutiner og system for sakshandsaming.

Over 500 einskildtiltak fekk støtte i 2017, og meir enn halvparten av midlane gjekk til frivillige organisasjonar og stiftingar. I tråd med målsetjinga gjekk store delar av midlane til kultur-, ferie- og fritidsopplevingar for barn og unge. Forskingsstiftinga Fafo fekk i 2016 i oppdrag å evaluere kommunale tiltak innanfor denne ordninga. Evalueringa er venta å vere ferdig i 2017.

Kommunane som får støtte skal ha ein knutepunktfunksjon for arbeidet mot barnefattigdom. Gjennom knutepunktet skal kommunane drive oppsøkjande arbeid overfor familiar som elles er vanskelege å nå, og tilby oversikt over alle relevante tiltak i kommunal og frivillig regi. Knutepunktet skal vere eit bindeledd mellom barn, ungdom og familiar som treng informasjon om tiltaka som finst. Knutepunktet skal òg finne ut kva tiltak som ikkje finst, og vurdere om det er behov for nye tiltak i kommunen. Stadig fleire kommunar får midlar frå ordninga.

Tabell 4.4 Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom – kommunar som fekk tilskot 2014–2017

2014

2015

2016

2017

Kommunar

113

101

140

179

Fritidserklæringa

Fritidserklæringa har som mål at alle barn skal ha moglegheit til å delta i ein organisert fritidsaktivitet uavhengig av inntekta til foreldra. Erklæringa er grunnlaget for ein partnarskap mellom regjeringa, KS og frivillig sektor. Som ledd i arbeidet med å følgje opp erklæringa er det etablert eit nettverk der ein byggjer kompetanse og deler erfaringar. Partane i nettverket arbeider òg med å få ned kostnadene knytt til å delta i idrett og andre fritidsaktivitetar, og med å få på plass lokale fritidserklæringar. Arbeidet med Fritidserklæringa blir understøtta gjennom tilskot frå den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom og tilskotsmidler på Kulturdepartementet sitt budsjett. Partane i erklæringa har jobba målretta for å inkludere barn og unge frå låginntektsfamiliar i ulike aktivitetar. Dei har mellom anna fokusert på korleis ein kan få ned krav og press om kostbart utstyr, differensiere medlemskontingentar og deltakaravgifter.

Analyse av inntektsmobilitet

SSB har undersøkt inntektsmobilitet blant barnefamiliar med låginntekt i perioden 2007 til 2014.

Rapporten ser på kva barn som høvesvis kjem til, forlèt og blir i gruppa med vedvarande låginntekt. Eit positivt funn er at relativt få familiar er permanent i gruppa med låginntekt. Samstundes er delen barn som minst éin gong har høyrt til i låginntektsgruppa i åra 2007–2014 høg – nesten kvart fjerde barn. Analysane til SSB viser at ein stor del av dei som er i låginntektsgruppa, har ei inntekt som ligg stabilt tett oppunder låginntektsgrensa. Det er vidare relativt stor grad av mobilitet ut av og inn i låginntektsgruppa. Endringar i yrkesinntekt, hushaldssamansetjing og familiestruktur er vesentlege årsaker til dette. Endringar i familiestrukturen synest å ha mest å seie for mobilitet nedover i inntektsfordelinga. Mobilitet ut av låginntektsgruppa har eit meir samansett årsaksbilete og kjem av både endringar i familiestrukturen og bakanforliggjande økonomiske endringar, fyrst og fremst ved at ikkje-yrkesaktive i hushaldet blir yrkesaktive.

0–24-samarbeidet

For å styrkje arbeidet med utsette barn og unge under 24 år i kommunane og fylkeskommunane, starta Kunnskapsdepartementet eit femårig samarbeid med Arbeids- og sosialdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Justisdepartementet. Eit samarbeid mellom fem direktorat, Utdanningsdirektoratet, Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet og Arbeids- og velferdsdirektoratet, skal leggje til rette for ei styrking av den tverrsektorielle oppfølginga av utsette barn og unge mellom 0 og 24 år. Direktorata ser på problemstillingar som spesifikke språkvanskar, regelverk, samordning og nye innsatsar retta mot målgruppa, læreplassar, behov for forsking og tilskotsforvalting. Nokre av arbeidsgruppene har konkludert, og rapportane blir følgde opp i direktorata og departementa. Programmet varer til 2020. Direktørane for dei fem direktorata er programeigar for 0–24-programmet.

Bolig for velferd

I 2014 la Regjeringa fram ein nasjonal strategi for bustadsosialt arbeid, Bolig for velferd(2014–2020). Strategiens mål er å styrkje kommunane sitt arbeid med å hjelpe vanskeligstilte på bustadmarknaden. Forsterka innsats retta inn mot barnefamiliar og unge som ikkje sjølv klarer å skaffe seg ein eigna bustad og bli buande, er sentralt i strategiarbeidet. Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet, Helsedirektoratet, Husbanken, Integrerings- og mangfoldsdirektoratet og Kriminalomsorgsdirektoratet gjennomfører strategien på statleg nivå gjennom ein felles årleg tiltaksplan. For nærare omtale av saka, sjå budsjettproposisjonen til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Strategiar og tiltak for 2018

Arbeid mot barnefattigdom

Strategi mot barnefattigdom går ut i desember 2017, men dei ansvarlege departementa vil framleis følgje opp tiltaka i strategien.

Departementet vil følgje utviklinga på barnefattigdomsfeltet, vurdere kunnskapsgrunnlaget og føreslå nye initiativ for arbeidet etter strategiperioden. Tilrådingane i NOU 2017:16 Offentlig støtte til barnefamiliene må sjåast i denne samanhengen. Evalueringa av Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom vil òg gi viktig kunnskap og tilrådingar om det vidare arbeidet. Samstundes vil statusrapporten om innsatsen mot barnefattigdom, som blei utarbeidd i 2017, kunne nyttast i arbeidet. Nye statusrapportar om barnefattigdom skal utarbeidast annakvart år. KS og frivillige organisasjonar, medrekna barne- og ungdomsorganisasjonar, vil bli tekne med i arbeidet.

Bufdir vil følgje opp arbeidet med å støtte kommunane i innsatsen mot barnefattigdom. Indikatorverktøyet på barnefattigdom.no vil bli oppdatert. Vidare vil ei rettleiing og andre pedagogiske verktøy som kommunane kan nytte i arbeidet mot barnefattigdom, gjerast ferdig i 2018. Det vil bli lagt til rette for meir erfaringsutveksling om arbeid mot barnefattigdom i samarbeid med kommunar og frivillige organisasjonar.

Fritidserklæringa

Det er eit mål at mange kommunar skal lage lokale fritidserklæringar om samarbeid mellom tenester og med dei frivillige organisasjonane om barn og unges deltaking i aktivitetar. Fritidserklæringa er grunnlaget for ein partnerskap mellom regjeringa, KS og frivillig sektor. Partnarskapen skal saman verke for å finne gode løysingar, dele gode døme og å nå ut til kommunar som ikkje er i gang med slikt arbeid. Bufdir vil som sekretariat leggje til rette for eit fortsatt godt samarbeid. Dei vil òg sjå til at arbeidet med Fritidserklæringa held fram med tyngde, og får merksemd. Det er naturleg å sjå dei pedagogiske verktøya Bufdir utviklar for kommunanes arbeid mot barnefattigdom i samband med Fritidserklæringa.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

840

Tiltak mot vald og overgrep

169 919

202 100

207 368

2,6

841

Samliv og konfliktløysing

27 274

36 104

33 486

-7,3

842

Familievern

489 937

533 890

541 996

1,5

843

Adopsjonsstønad

10 562

13 797

12 172

-11,8

844

Kontantstøtte

1 568 291

1 709 500

1 710 180

0,0

845

Barnetrygd

15 042 660

15 180 000

15 070 000

-0,7

846

Familie- og oppveksttiltak

414 974

483 009

520 218

7,7

847

EUs ungdomsprogram

8 433

8 188

8 252

0,8

848

Barneombodet

13 647

15 554

21 492

38,2

Sum kategori 11.10

17 745 697

18 182 142

18 125 164

-0,3

Inntekter under programkategori 11.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

3842

Familievern

203

696

715

2,7

3847

EUs ungdomsprogram

4 496

2 364

2 364

0,0

Sum kategori 11.10

4 699

3 060

3 079

0,6

Utgifter under programkategori 11.10 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

01-23

Drift

388 399

436 608

438 438

0,4

50-59

Overføringer til andre statsregnskaper

3 180

3 244

3 150

-2,9

60-69

Overføringer til kommunar

278 728

391 465

427 394

9,2

70-98

Overføringer til private

17 075 410

17 350 825

17 256 182

-0,5

Sum kategori 11.10

17 745 717

18 182 142

18 125 164

-0,3

Kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70

18 749

19 715

20 148

61

Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

82 821

88 617

90 921

70

Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under post 21 og kap. 858 post 01

47 465

64 348

66 085

72

Tilskot til tiltak for valdsutsette barn

5 884

73

Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

15 000

29 420

30 214

Sum kap. 0840

169 919

202 100

207 368

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Midlane på denne posten blir nytta til finansiering av ulike prosjekt og tiltak som er viktige i arbeidet mot vald, overgrep og valdeleg ekstremisme. Løyvinga blir mellom anna nytta til å finansiere tiltak i opptrappingsplanen mot vald og overgrep.

Budsjettforslag 2018

Departementet føreslår ei løyving på 20,1 mill. kroner.

Post 61 Tilskot til incest- og valdtektssenter, overslagsløyving

Løyvinga dekkjer tilskot til 22 incestsenter og 1 valdtektssenter. Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir i samsvar med retningslinjer for statleg tilskot til senter mot incest og seksuelle overgrep og ressurssenter mot valdtekt. Det blir utforma eit eige rundskriv som set nærare rammer for ordninga.

Mål og kriterium for måloppnåing

Målet med tilskotsordninga er å gi personar som er utsette for incest, seksuelle overgrep eller valdtekt, og pårørande til utsette barn og vaksne, eit tilbod om hjelp og støtte av god kvalitet og med god tilgjenge, gjennom å gjere drifta av incest- og valdtektssentera mogleg.

Måloppnåinga til tiltaket blir vurdert ut frå om drifta av sentera er gjennomført som føresett i tilskotsbrevet og rundskrivet for ordninga.

Kriterium for tildeling

Tilskota blir tildelte etter søknad. Rundskrivet frå Bufdir stiller nærare krav til sentera som kan søkje om tilskot.

Finansieringa er delt mellom stat og kommune. Det er eit krav at tilskot frå kommunar og eit eventuelt tilskot frå helseføretaket eller fylkeskommunar utgjer minst 20 pst. av drifta. Ramma for auken i det statlege tilskotet blir fastsett årleg. Statstilskotet er øyremerkt.

Oppfølging og kontroll

Incestsentera og valdtektssentera skal utarbeide årsrapportar og statistikk for verksemda. Vertskommunen for det einskilde incestsenteret eller valdtektssenteret skal godkjenne budsjettet og ha ansvar for økonomiforvaltinga.

Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket. Tilbodet ved sentera blir evaluert i 2017, og departementet vil i 2018 vurdere korleis resultata kan bli følgde opp, mellom anna om det er behov for å endre regelverket for tilskotsordninga.

Budsjettforslag 2018

Budsjettforslaget byggjer på ei vidareføring av tilskotsordninga i 2018. Departementet føreslår ei løyving på 90,9 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til valdsførebyggjande tiltak mv., kan nyttast under post 21 og kap. 858, post 01

Løyvinga har vore nytta til å gi tilskot til stiftinga Alternativ til vold (ATV) til drift av eksisterande ATV-kontor og til etablering av nye kontor.

Løyvinga har dekt tilskot til Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og til dei regionale sentera om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging (RVTS-ane) sitt arbeid for kompetanseheving, nettverksbygging med meir innanfor det kommunale krisesentertilbodet og i incestsentera. Det er gjort nærare greie for desse aktivitetane under delmål 2.3.

Departementet føreslår at det blir gitt tilskot til Landsdekkjande telefon for incest- og seksuelt misbrukte, Røde Kors-telefonen om tvangsekteskap og kjønnslemlesting, SEIF sitt informasjons- og krisetilbod til ungdom som er utsette for tvangsekteskap og kjønnslemlesting, ATV, NKVTS og RVTS-ane i 2018. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

Løyvinga blir òg nytta til tilskotsordninga Drifts- og prosjekttilskot til tiltak mot vald og overgrep. Ordninga har desse overordna rammene:

Mål og kriterium for måloppnåing

Målet med tilskotsordninga er å bidra til å førebyggje vald og overgrep i nære relasjonar og å styrkje meistringsevna og livskvaliteten til barn og unge som er eller har vore utsette for vald eller seksuelle overgrep.

Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om eller i kor stor grad tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga.

Kriterium for tildeling

Tilskotsordninga skal mellom anna bidra til arbeidet med å nå måla i handlingsplanane regjeringa har lagt fram mot vald i nære relasjonar og vald og overgrep mot barn og unge.

Organisasjonar og andre aktørar som er registrerte i Einingsregisteret kan søkje. Det blir ikkje gitt tilskot til privatpersonar og verksemder som er drivne på forretningsmessig grunnlag.

Organisasjonar som kan dokumentere at føremålet med ordninga er kjerneverksemda deira, kan søkje om driftstilskot. Organisasjonar som får øyremerkte driftstilskot over statsbudsjettet kan ikkje søkje driftstilskot i ordninga.

Ein kan òg gi støtte til tidsavgrensa aktivitetar. Det er ein føresetnad at tiltak som blir utvikla og starta opp etter kvart blir ein del av den ordinære drifta i den ansvarlege organisasjonen.

Tilskotsordninga blir forvalta av Bufdir. Det blir utforma eit eige rundskriv som gir nærare rammer for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane sender inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Ordninga blir forvalta av Bufdir.

Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2018

Departementet føreslår ei løyving på 66,1 mill. kroner.

Post 73 Tilskot til senter for valdsutsette barn, kan overførast

Posten dekkjer driftstilskot til senter for valdsutsette barn. I 2017 er løyvinga nytta til å gi tilskot til Stine Sofies Stiftelse til drift av Stine Sofie Senteret, noko som er i tråd med føringane som blei gitt i Innst. 14 S (2016–2017).

Departementet legg til grunn at heile løyvinga for 2018 skal gå til dette føremålet. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå Stine Sofies Stiftelse.

Departementet føreslår ei løyving på 30,2 mill. kroner.

Kap. 841 Samliv og konfliktløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

21

Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

9 256

13 946

10 946

22

Opplæring, forsking, utvikling mv.

5 933

6 049

6 682

23

Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

5 383

6 168

5 649

70

Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842 post 01 og 858 post 01

6 701

9 941

10 209

Sum kap. 0841

27 274

36 104

33 486

Post 21 Spesielle driftsutgifter, meklingsgodtgjersle, overslagsløyving

Posten omfattar godtgjersle til meklarar utanom familievernet, dekning av reiseutgifter til foreldre i særlege tilfelle og utgifter til tolk når slike utgifter fell inn under refusjonsordninga for tolketenesta. Godtgjersle til meklarar utanom familievernet blir gitt etter same satsar som for fri rettshjelp. Stortinget bestemmer satsen etter forslag frå Justis- og beredskapsdepartementet. Ordninga blir forvalta av Bufdir.

Departementet føreslår ei løyving på 10,9 mill. kroner.

Post 22 Opplæring, forsking, utvikling mv.

Posten omfattar midlar til opplæring av nye meklarar og til kompetanseheving av meklarkorpset. Bufdir forvaltar midlane til opplæring av meklarar.

Midlane skal vidare nyttast til å følgje opp meklingsordninga, medrekna å gjennomføre og styrkje kompetansehevande tiltak for meklarar i høgkonfliktsaker og kompetansen deira i å samtale med barn.

Midlane under posten skal òg nyttast til økonomisk støtte til Domstoladministrasjonen til kompetanseheving ved domstolane i foreldretvistar etter barnelova, medrekna å sikre god praksis og samhandling i sakene og styrkje kompetansen knytt til samtalar med barn i særleg krevjande saker.

Posten dekkjer òg utgifter til forvaltinga av barnelova og ekteskapslova, samt FoU-tiltak på området. BLD føreslår å auke posten med 0,5 mill. kroner for å styrkje FoU-arbeidet.

Departementet føreslår ei løyving på 6,7 mill. kroner.

Post 23 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, overslagsløyving

Posten omfattar refusjon av utgifter til DNA-analysar som er rekvirerte av domstolane og Arbeids- og velferdsdirektoratet ved fastsetjing av farskap. Departementet refunderer utgiftene dette fører med seg. Utgiftene til DNA-analysar følgjer direkte av reglane i barnelova om fastsetjing og endring av farskap.

Departementet føreslår ei løyving på 5,6 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til samlivstiltak, kan nyttast under kap. 842, post 01 og kap. 858, post 01

Posten omfattar tilskot til lokale samlivskurs og utviklingstiltak. Løyvinga blir forvalta av Bufdir. Ordninga har desse overordna rammene:

Mål og kriterium for måloppnåing

Det overordna målet med tilskotsordninga er å støtte opp om samlivet i parforhold. Midlane skal brukast til å styrkje samlivsforhold med sikte på å skape gode relasjonar og førebyggje oppløysing av familiar og samliv.

Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om eller i kor stor grad tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga.

Kriterium for tildeling

Midlane skal nyttast til to typar tiltak:

  1. lokale samlivskurs/samlingar for par

  2. utviklingstiltak i samlivsarbeidet

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane sender inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane blir nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd.

Det er gitt nærare retningslinjer for tildelinga i rundskriv frå BLD. Departementet legg til grunn at hovudtrekka i retningslinjene blir vidareførte i 2018. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2018

Departementet føreslår ei løyving på 10,2 mill. kroner.

Kap. 842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

283 771

320 086

317 592

21

Spesielle driftsutgifter

29 645

33 584

34 318

70

Tilskot til kyrkja si familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

176 521

180 220

190 086

Sum kap. 0842

489 937

533 890

541 996

Familievernet er ein del av Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Bufdir leier dei fem regionane i Bufetat. Bufdir har ansvar for den faglege og administrative leiinga og for drifta av familievernet. Familieverntenesta har familierelaterte problem som fagfelt. Kjerneoppgåvene er behandling og rådgiving ved vanskar, konfliktar eller kriser i familien og mekling etter ekteskapslova § 26 og § 51 i barnelova. Familievernkontora driv førebyggjande arbeid og utoverretta verksemd om familieretta tema, medrekna rettleiing, informasjon og undervising retta mot hjelpeapparatet og publikum.

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Posten dekkjer lønn til tilsette og utgifter til varer og tenester knytte til dei offentleg eigde familievernkontora. Løyvinga omfattar tilskot til oppgåvene dei offentlege familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss?, og dekkjer administrasjonsutgifter knytte til familievernet ved regionkontora i Bufetat. Løyvinga dekkjer òg nasjonale utviklingsoppgåver knytt til familievernet.

Budsjettforslag 2018

For å sikre riktig postbruk føreslår departementet å redusere posten med 5 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på post 70. Bakgrunnen er at ein på basis av forbruket så langt i 2017 føreslår ei justert budsjettfordeling mellom post 01, som dekkjer driftsutgifta til dei statlege familievernkontora, og post 70, som dekkjer driftsutgifta til dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Budsjettendringa inneber ikkje ei omfordeling av midlar mellom kontora, men ei meir realistisk budsjettering av dei to postane.

Departementet føreslår ei løyving på 317,6 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til forsking, evaluering, utviklingsarbeid og kompetanseheving i familievernet.

Departementet føreslår ei løyving på 34,3 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til kyrkjas familievernteneste mv., kan nyttast under post 01

Midlane blir nytta til å finansiere drifta av dei kyrkjeleg eigde familievernkontora. Dei kyrkjeleg eigde familievernkontora får midlar til drifta gjennom tilskotsbrev frå Bufetat i samsvar med inngått avtale om drift av familievernkontor. Løyvinga omfattar òg tilskot til oppgåvene dei kyrkjeleg eigde familievernkontora utfører i samband med samlivstiltaket Hva med oss?. Posten blir òg nytta til å gi tilskot til Stiftelsen Kirkens Familievern.

For å sikre riktig postbruk føreslår departementet å auke posten med 5 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på post 01, sjå omtale under post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 190,1 mill. kroner.

Kap. 3842 Familievern

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Diverse inntekter

203

696

715

Sum kap. 3842

203

696

715

Post 01 Diverse inntekter

Departementet føreslår ei løyving på 0,7 mill. kroner. Inntektene er diverse kursinntekter med meir.

Kap. 843 Adopsjonsstønad

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

10 562

13 797

12 172

Sum kap. 0843

10 562

13 797

12 172

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Om tildelinga av eingongsstønad til adopsjon

Eingongsstønad ved adopsjon av barn frå utlandet blei innført i 1992 for å motverke ei ujamn sosial fordeling av adopsjonar på grunn av dei høge kostnadene ved adopsjon frå utlandet.

Stønaden blir gitt til adoptivforeldre som på førehand har fått samtykke av norske adopsjonsstyresmakter til å adoptere barn frå utlandet. Adopsjonen må vere registrert i det sentrale adopsjonsregisteret i Bufdir. Direktoratet skal ha fått dei rette dokumenta frå opphavslandet til barnet før dei handsamar søknaden. Eit vilkår for stønad er at adoptivforeldra faktisk var busette i Noreg då dei fekk omsorga for barnet, og då adopsjonen blei gjennomført eller registrert i Noreg. I spesielle tilfelle vil det på bakgrunn av tilhøve i opphavslandet ta lang tid å få adopsjonen registrert i Noreg. Foreldra kan likevel få eingongsstønad dersom barnet har komme til Noreg med sikte på adopsjon, og adoptivforeldra faktisk var busette her i landet då dei fekk omsorga for barnet.

I budsjettet for 2014, jf. Innst. 14 S (2014–2015), blei adopsjonsstønaden for 2015 fastsett til det dåverande grunnbeløpet, tilsvarande 1 G. Dette nivået på adopsjonsstønaden er seinare vidareført i dei årlege budsjetta. Frå 1. januar 2017 blei stønaden per barn sett til 92 576 kroner, tilsvarande 1 G frå 1. mai 2016. Bufdir, som forvaltar stønadsordninga, godkjende 116 søknader om adopsjonsstønad i 2016, mot 159 søknader i 2015. 126 utanlandsadopsjonar blei formidla i 2016.

Budsjettforslag 2018

Departementet føreslår at adopsjonsstønaden blir sett til 93 634 kroner i 2018, tilsvarande grunnbeløpet i folketrygda, som gjeld frå 1. mai 2017. Den nye satsen for stønaden skal gjelde for adoptivbarn som kjem til Noreg frå og med 1. januar 2018.

Departementet føreslår ei løyving på 12,2 mill. kroner.

Kap. 844 Kontantstøtte

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

70

Tilskot, overslagsløyving

1 568 291

1 709 500

1 710 180

Sum kap. 0844

1 568 291

1 709 500

1 710 180

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Mål og kriterium for måloppnåing

Kontantstøtteordninga er heimla i lov 26. juni 1998 nr. 41 om kontantstøtte for småbarnsforeldre.

Målet med ordninga er å bidra til at familiane får meir tid til sjølve å ta omsorga for eigne barn, at familiane får valfridom når det gjeld omsorgsform for barn, og at det blir meir likskap i overføringane den einskilde familien tek imot frå staten, uavhengig av korleis tilsynet er ordna.

Måloppnåing for ordninga blir mellom anna vurdert ut frå om ordninga blir forvalta i samsvar med lova og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Kriterium for tildeling

Kontantstøtte blir som hovudregel ytt for barn mellom 1 og 2 år som er busette i Noreg og som ikkje eller berre delvis gjer bruk av barnehageplass det blir ytt offentleg driftstilskot for. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova.

Oppfølging og kontroll

Kontantstøtteordninga blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, som administrativt ligg under Arbeids- og sosialdepartementet. Det er etablert rutinar for samhandling mellom Arbeids- og sosialdepartementet og BLD om mellom anna årlege tildelingsbrev og etatsstyring generelt. Som ledd i resultatoppfølging og økonomikontroll blir det halde etatsstyringsmøte og faglege kontaktmøte mellom dei nemnde departementa og Arbeids- og velferdsdirektoratet. Sjå nærare omtale av forvaltinga til Arbeids- og velferdsetaten på ansvarsområde til BLD under delmål 2.1 Valfridom og fleksibilitet for familiane.

Det blei foretatt ei brei gjennomgang av ordninga i NOU 2017: 6 Offentlig støtte til barnefamiliene, sjå nærare omtale under delmål 2.1 Valfridom og fleksibilitet for familiane.

Budsjettforslag 2018

Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar og prognosar for

  • venta tal på barn i kontantstøttealder (13–23 månader) basert på mellom anna den siste befolkningsframskrivinga til SSB

  • venta utvikling i bruken av kontantstøtteordninga basert på statistikken til Arbeids- og velferdsdirektoratet

Frå 1. august 2017 er full kontantstøttesats 7 500 kroner per månad. Det blir gitt halv kontantstøtte når avtalt opphaldstid i barnehage er til og med 19 timar. Departementet føreslår å vidareføre satsane for kontantstøtte med uendra nominelt nivå. Frå 1. juli 2017 blei det innført butidskrav for mottak av kontantstøtte. Arbeids- og velferdsdirektoratet anslår at dette vil redusere utgiftene med 136 mill. kroner i 2018.

Forslag til satsar for 2018 står i tabell 4.5.

Departementet føreslår ei løyving på 1 710 mill. kroner.

Tabell 4.5 Talet på barn med rett til stønad i 2016. Prognosar for 2017 og 2018

Gjennomsnitt 2016

Gjennomsnitt 20171

Gjennomsnitt 2018

Barn med rett til kontantstøtte

20 056

20 300

19 118

1 Saldert budsjett

Tabell 4.6 Forslag til satsar for kontantstøtte i 2018 (kroner)

Avtalt opphaldstid i barnehage per veke

Kontantstøtte i prosent av full yting

Beløp per barn per månad

Maksimalt1 beløp per barn

ikkje bruk av barnehageplass

100

7 500

82 500

til og med 19 timar

50

3 750

41 250

20 timar eller meir

0

0

0

1 Maksimalt 11 månader med kontantstøtte per barn

Kap. 845 Barnetrygd

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

70

Tilskot, overslagsløyving

15 042 660

15 180 000

15 070 000

Sum kap. 0845

15 042 660

15 180 000

15 070 000

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Mål og kriterium for måloppnåing

Barnetrygda skal bidra til å dekkje utgifter til å forsørgje barn og er heimla i lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd.

Måloppnåing for ordninga blir mellom anna vurdert ut frå om ordninga blir forvalta i samsvar med lova og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Kriterium for tildeling

Barnetrygd blir som hovudregel ytt for barn under 18 som er busette i Noreg. Tildelingskriteria er nærare omtalte i lova.

Oppfølging og kontroll

Barnetrygda blir forvalta av Arbeids- og velferdsdirektoratet, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Det blei foretatt ei brei gjennomgang av ordninga i NOU 2017: 6 Offentlig støtte til barnefamiliene, sjå nærare omtale under delmål 2.1 Valfridom og fleksibilitet for familiane.

Budsjettforslag 2018

Budsjettforslaget byggjer på uendra stønadssatsar og prognosar for

  • talet på barn med rett til barnetrygd og talet på stønadsmottakarar med rett til utvida stønad (barnetrygd for eitt barn meir enn det faktiske barnetalet)

  • talet på småbarnstillegg for einslege forsørgjarar med barn på 0–3 år

Prognosane byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til SSB.

Departementet føreslår å vidareføre satsane for barnetrygd med uendra nominelt nivå. Forslag til satsar for 2018 står i tabell 4.6.

Departementet føreslår ei løyving på 15 070 mill. kroner.

Tabell 4.7 Forslag til satsar for barnetrygd for 2018 (kroner)

Satsar per månad

Satsar per år

ordinær barnetrygd

970

11 640

småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

660

7 920

Tabell 4.8 Talet på barn med rett til barnetrygd i 2016. Prognosar for 2017 og 2018

Gjennomsnitt 2016

Gjennomsnitt 20171

Gjennomsnitt 2018

Barn med barnetrygd

1 134 790

1 140 625

1 141 384

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Tabell 4.9 Talet på stønadsmottakarar i 2016. Prognosar for 2017 og 2018

Gjennomsnitt 2016

Gjennomsnitt 20171

Gjennomsnitt 2018

Stønadsmottakarar med barnetrygd for1

– eitt barn

311 743

315 775

313 629

– to barn

264 625

265 456

266 226

– tre barn

82 677

83 663

83 177

– fire barn

12 711

12 957

12 788

– fem eller fleire barn

3 244

3 238

3 263

Sum stønadsmottakarar

675 000

681 090

679 082

Stønadsmottakarar med utvida stønad

124 905

124 509

121 441

Stønadsmottakarar med småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn 0–3 år

2 980

3 046

2 370

1 Saldert budsjett

Kjelde: Arbeids- og velferdsdirektoratet. Talet på stønadsmottakarar etter kor mange barn dei får utbetalt barnetrygd for, er eksklusiv stønadsmottakarar som får ekstra barnetrygd (utvida stønad). For nokre av barna blir det utbetalt delt barnetrygd – mor og far får ei halv barnetrygd kvar. Utrekning av utgifter til barnetrygd basert på talet på barn, satsar o.a. i tabellane ovanfor vil gi eit noko lågare utgiftsnivå enn budsjettforslaget for 2017 og 2018. Avviket kjem i hovudsak av etterbetalingar.

Kap. 846 Familie og oppvekst

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50 og post 71

13 583

13 318

13 359

50

Noregs forskingsråd , kan nyttast under post 21

3 180

3 244

3 150

60

Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

28 704

29 789

30 564

61

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, kan nyttast under post 71

113 248

193 412

224 441

62

Utvikling i kommunane

53 955

79 647

81 468

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar

120 319

133 716

137 326

71

Utviklings- og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21

70 895

21 227

18 800

79

Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast

11 090

8 656

11 110

Sum kap. 0846

414 974

483 009

520 218

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 50 og post 71

Posten dekkjer utgifter til ulike førebyggjande tiltak og til forskings- og utviklingstiltak på familie- og oppvekstområdet. Posten nyttast òg til evaluering og oppfølging av tilskotsordningane på familie- og oppvekstområdet.

Budsjettforslag 2018

BLD føreslår å redusere posten med 0,3 mill. kroner fordi nokre prosjekt blir ferdigstilte.

Departementet føreslår ei løyving på 13,4 mill. kroner.

Post 50 Noregs forskingsråd, kan nyttast under post 21

Midlane skal nyttast til programmet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM) i regi av Noregs forskingsråd.

Departementet føreslår å flytte 0,2 mill. kroner frå posten til kap. 285, post 55 på budsjettet til Kunnskapsdepartementet. For nærare omtale av den nye posten for verksemdskostnader i Forskingsrådet sjå Prop. 1 S (2017–2018) for Kunnskapsdepartementet.

Departementet føreslår ei løyving på 3,2 mill. kroner.

Post 60 Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast

Det blei i statsbudsjettet for 2009 sett av inntil 15 mill. kroner til etablering av Grorud flerbrukshall. Det blei planlagt å utvikle ein kultur- og idrettspark med ein fleirbrukshall, der barnehage, idrettshall og kulturhus skulle inngå. 2,8 mill. kroner er utbetalte til Oslo kommune, medan det resterande beløpet er blitt overført for kvart år sidan 2009. Arbeidet med fleirbrukshallen er forseinka. Byrådet i Oslo har informert om at forprosjektfasen er ferdigstilt, og at namnet er endra til Grorud flerbrukshus. Bystyret gjorde vedtak om kostnadsramma for prosjektet i juni 2017, og byggjeprosessen kan starte hausten 2017.

Løyvinga under posten blir elles nytta til tilskotsordninga Barne- og ungdomstiltak i større bysamfunn. Det er Bufdir som forvaltar ordninga. Ordninga blir regulert av eit eige rundskriv. Desse overordna rammene er fastsette for tilskotsordninga:

Mål og kriterium for måloppnåing

Føremålet er å medverke til å betre oppvekst- og levekåra i 23 bykommunar: Oslo (8 prioriterte bydelar), Bergen, Trondheim, Stavanger, Kristiansand, Tromsø, Drammen, Skien, Fredrikstad, Sandnes, Sarpsborg, Bodø, Sandefjord, Larvik, Ålesund, Arendal, Porsgrunn, Haugesund, Tønsberg, Halden, Moss, Hamar og Gjøvik. Ordninga skal bidra til å skape opne møteplassar for barn og ungdom i alderen 10–20 år med særskilde behov, utsette ungdomsgrupper og -miljø.

Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om eller i kor stor grad tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga.

Tildelingskriterium

Løyvinga har barn og ungdom som målgruppe.

Barn og ungdom med innvandrarbakgrunn står overfor særskilde utfordringar, og arbeid og innsats som fremjar integrering, er høgt prioritert.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskapar frå kommunane til Bufdir. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2018

Departementet føreslår ei løyving på 30,6 mill. kroner.

Post 61 Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom, kan nyttast under post 71

Løyvinga under denne posten blir nytta til Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom.

I tillegg har løyvinga vore nytta til tilskot til Blå Kors’ tiltak Barnas Stasjon, Røde Kors’ tiltak Ferie for alle og pilotprosjektet FRI, som Kirkens Bymisjon driv. Det er òg gitt driftstilskot til organisasjonen MOT.

Departementet føreslår å vidareføre ordninga med å gi direkte tilskot til tiltaka Barnas Stasjon, pilotprosjektet FRI,Ferie for alle ogorganisasjonenMOT i 2018. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå tilskotsmottakarane.

Bufdir forvaltar tilskota på posten. Desse overordna rammene er sette for den nasjonale tilskotsordninga mot barnefattigdom:

Mål og kriterium for måloppnåing

Målet er å gi barn og unge i familiar med låg inntekt høve til å delta i ferie- og fritidsaktivitetar. Føremålet er å betre sjansane for at barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer uavhengig av inntekta og den sosiale situasjonen til foreldra.

Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om eller i kor stor grad tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga.

Kriterium for tildeling

Ordninga har barn og ungdom som er ramma av fattigdomsproblem, som målgruppe. Tiltaka skal vere opne, verke inkluderande og ha låge eller ingen kostnader for dei som er med.

Ordninga er retta mot alle kommunane i landet, frivillige organisasjonar og private aktørar. Frivillige organisasjonar som har tiltak i fleire kommunar, kan søkje direkte til Bufdir.

Kriteria for tildeling er nærare omtalte i eige regelverk for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskapar som blir sende via kommunane. I tilfelle der utbetalinga skjer direkte til frivillige organisasjonar, skal tilskotsmottakarane sende rekneskapar og rapportar direkte til Bufdir.

Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket. Forskingsstiftinga Fafo fekk i 2016 i oppdrag å evaluere kommunale tiltak innanfor denne ordninga. Evalueringa er venta å vere ferdig i 2017.

Budsjettforslag 2018

BLD føreslår å auke posten med 26 mill. kroner som ei vidareføring av budsjettavtalen mellom regjeringa og samarbeidspartia om revidert nasjonalbudsjett for 2017. Departementet føreslår ei løyving på 224,4 mill. kroner.

Post 62 Utvikling i kommunane

Løyvinga på posten skal dekkje tilskot til prosjekt og program på familie- og oppvekstområdet i kommunal sektor.

Delar av løyvinga går til kommunar som driv utviklingsarbeid, førebyggjande arbeid og arbeid som skal hindre problemutvikling, ekskludering og marginalisering av barn og unge.

Løyvinga dekkjer tre tilskotsordningar: Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom, Foreldrestøttande tiltak i kommunane og Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn (som byggjer på det tidlegare Modellkommuneforsøket). Ordningane har følgjande overordna rammer:

Støtte til oppfølgings- og losfunksjonar for ungdom

Mål og kriterium for måloppnåing

Ordninga skal leggje til rette for meir samordna tilbod og tettare oppfølging av ungdom som er i ein vanskeleg livssituasjon. Målet er å styrkje tilknytinga til skulen, trivsel og meistring og gjennom dette bidra til betre skuleprestasjonar og auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring.

Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om eller i kor stor grad tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga.

Kriterium for tildeling

Målgruppa for ordninga er ungdom i alderen 14–23 år som står utanfor eller står i fare for å hamne utanfor skule og arbeid.

Innsatsen skal særleg rettast mot ungdom der høgt skulefråvær eller manglande skuletilknyting har samanheng med utfordringar som til dømes manglande omsorg, støtte og oppfølging frå foreldre, manglande nettverk, mobbing og sosial isolasjon eller helseproblem i form av rusmisbruk, psykiske vanskar og nedsett funksjonsevne.

Ordninga er retta mot alle kommunane i landet.

Kriteria for tildeling er nærare omtalte i eige regelverk for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskapar frå kommunane. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Foreldrestøttande tiltak i kommunane

Mål og kriterium for måloppnåing

Ordninga har som mål å gi barn tidleg hjelp gjennom å stimulere kommunane til å setje i verk foreldrestøttande tiltak. Tiltaka skal hjelpe foreldre med å skape trygge rammer for oppveksten til barna og utviklinga i familien ved å bli medvitne om kva behov barna har, og få hjelp til å møte desse behova på ein god måte.

Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om eller i kor stor grad tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga.

Kriterium for tildeling

Målgruppa for tiltaka som får støtte gjennom ordninga, er foreldre med særskilde utfordringar og med barn i alderen 0–18 år. Tiltaka skal medverke til å førebyggje ulike former for vald og seksuelle overgrep mot barn. Vidare skal dei bidra til å skape trygge oppvekstvilkår som legg til rette for positiv utvikling. Tiltaka kan òg ha som mål å hjelpe adoptivforeldre og fosterforeldre med å utvikle ei positiv omsorg som støttar utviklinga til barnet.

Ordninga er retta mot alle kommunane i landet.

Kriteria for tildeling er nærare omtalte i eige regelverk for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskapar frå kommunane. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Tilskot til systematisk identifikasjon og oppfølging av utsette barn

Mål og kriterium for måloppnåing

Ordninga har som føremål å utvikle og implementere kommunale modellar for systematisk og kunnskapsbasert identifikasjon og oppfølging av utsette barn.

Måloppnåinga til tiltaka blir vurderte ut frå om eller i kor stor grad tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga.

Kriterium for tildeling

Ordninga er retta mot alle kommunane i landet. Ved vurdering av søknader legg ein særleg vekt på at prosjekta er godt forankra i kommunen og har ein klar og fagleg god plan for gjennomføring. Det blir ikkje gitt tilskot til å dekkje kostnader relaterte til eksisterande tilbod eller lovpålagde tenester.

I 2018 føreslår BLD og HOD at tilskotsordninga blir samordna med tilskotsordninga for tverrfagleg innsats på rusfeltet, som blir forvalta av Helsedirektoratet. Tilskotsordningane rettar seg mot dei same målgruppene og har overlappande føremål. Ved å kunngjere ordningane med eit felles regelverk vil søknadsprosessen bli enklare for kommunane, og tilskotsforvaltinga vil bli meir effektiv. Bufdir får ansvaret for tilskotsforvaltinga i samråd med Helsedirektoratet.

Oppfølging og kontroll

Oppfølging og kontroll skjer gjennom rapportering og rekneskapar frå kommunane. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2018

Departementet føreslår ei løyving på 81,5 mill. kroner.

Post 70 Barne- og ungdomsorganisasjonar

Løyvinga under posten blir nytta til tilskot til barne- og ungdomsorganisasjonar.

Mål og kriterium for måloppnåing

Føremålet er å leggje til rette for at barn og ungdom skal kunne delta i barne- og ungdomsorganisasjonane. Dei frivillige organisasjonane er viktige aktørar i barne- og ungdomspolitikken. Dei er sosiale møteplassar for barn og unge, og dei medverkar til å skape trygge og inkluderande oppvekstmiljø. Tilskotet skal stimulere organisasjonane til engasjement og medansvar og sørgje for at dei held fram med å vere ein arena for medverknad og demokrati. Måloppnåinga blir vurdert på basis av erfaringane med forvaltinga av ordninga og dei overordna måla for denne.

Kriterium for tildeling

Tilskot til nasjonal grunnstønad for barne- og ungdomsorganisasjonar er regulert i ei eiga forskrift som er fastsett av BLD. Tilskot kan givast til frivillige landsomfattande organisasjonar som med vedtektene sine:

  1. kan vise til at organisasjonen arbeider for barn og ungdom med spørsmål som gjeld barn og ungdom, og har barn og ungdom som deltakerar i aktivitetane sine,

  2. ikkje er i strid med norsk lovgiving, og kan vise til at eit eventuelt overskot går til organisasjonen eller andre samfunnsnyttige føremål,

  3. ikkje skaper hinder for full deltaking for barn og ungdom frå alle samfunnsgrupper, uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, nedsett funksjonsevne eller seksuell orientering, og

  4. sikrar at også medlemmer under 15 år har arenaer der dei kan fremje synspunkta sine eller øve påverknad over arbeidet i organisasjonen

Organisasjonane skal ha ei ideell (ikkje-kommersiell) målsetjing. Sjølvstendige organisasjonar av barn og ungdom blir prioriterte.

Midlane i den nasjonale ordninga blir forvalta av eit eige fordelingsutval med sekretariat i Bufdir. BLD er klageinstans for vedtak som er gjorde av Fordelingsutvalet.

Midlar til tilskotsordninga Mangfald og inkludering inngår i posten. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU) er mottakar av ordninga. LNU får tilskotet under føresetnad av at det blir fordelt vidare til ulike prosjekt som fokuserer på mangfald, haldningar og deltaking.

LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om driftstilskot til nasjonalt arbeid. Tilskotet blir forvalta av Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Kravet til revisjon, rapport og kontroll av nasjonal grunnstønad er regulert av forskrift om tilskot til frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar og instruks for Fordelingsutvalet. Andre tilskot på posten blir kontrollerte gjennom oppfølging av rapportering og rekneskapar. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2018

Departementet føreslår ei løyving på 137,3 mill. kroner.

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til å støtte utviklings- og opplysningsarbeid som kan auke kunnskapen om og medverke til å styrkje oppvekstmiljøet for barn og ungdom. Posten dekkjer òg utgifter til programmet Foreldre for første gang (Nurse Family Partnership). Regionsenter for barn og unges psykiske helse (RBUP) Aust og Sør får midlar til å dekkje lønnskostnadane til sjukepleiere som deltek i forsøket.

Det er i 2017 gitt tilskot til organisasjonane Ungdom mot Vold, Oslo Røde Kors og organisasjonen Barnevakten. Det er òg gitt tilskot til adopsjonsorganisasjonane InorAdopt, Verdens Barn og Adopsjonsforum. I tillegg er det gitt driftsstøtte til den internasjonale ressursorganisasjonen for adopsjon, International Social Service (ISS).

Departementet føreslår at det òg blir gitt tilskot til desse organisasjonane i 2018. Tilskot må likevel vurderast på bakgrunn av søknader frå dei aktuelle tilskotsmottakarane.

Budsjettforslag 2018

BLD føreslår å redusere posten med 3 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 854, post 72. Desse midlane blir nytta til mentorordninga Positive rollemodellar. Mentorordninga er knytt til barnevernet, og midlane er derfor føreslått flytta til kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet.

Departementet føreslår ei løyving på 18,8 mill. kroner i 2018.

Post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid mv., kan overførast

Posten skal dekkje tiltak som stimulerer til internasjonalt samarbeid på barne- og ungdomsområdet. Målgruppene er frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, einskildpersonar og grupper av barn og ungdom, institusjonar som arbeider med barn og ungdom, og offentlege styresmakter lokalt, regionalt og nasjonalt.

Posten dekkjer Noregs bidrag til Det europeiske ungdomsfondet i Europarådet (EYF). Posten dekkjer òg kostnadene Noreg har i samband med tiltak i regi av partnarskapen mellom Europarådet og Europakommisjonen. Posten dekkjer òg tilskot til drift av det europeiske ungdomsnettverket mot valdelig ekstremisme – Youth Can.

Ein tek òg sikte på å gi tilskot til Technical Assistance Program i regi av Haag-konferansen for internasjonal privatrett (ICATAP) som bidrag til internasjonalt arbeid på adopsjonsfeltet.

Posten skal dessutan dekkje kostnader i samband med samarbeidet om barne- og ungdomspolitikk i nærområda, særleg samarbeidet innanfor rammene av Noregs deltaking i Barentsrådet, mellom anna tilskot til fleirnasjonalt samarbeid i Barentsregionen, som blir forvalta av Barentssekretariatet. Posten kan òg nyttast til at departementet deltek i mellomstatleg samarbeid om barne- og ungdomspolitikken.

Vidare får dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane grunnstønad til internasjonalt arbeid. Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjoner (LNU), Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede kan søkje om tilskot til internasjonalt arbeid.

Mål og kriterium for måloppnåing

Målet for ordninga er å støtte og fremje internasjonalt ungdomsarbeid og internasjonalt samarbeid på ungdomsfeltet.

Måloppnåinga til tiltaka blir vurdert ut frå om eller i kor stor grad tilskotsmottakaren har gjennomført tiltaket som føresett i tilskotsbrevet. Tiltaka blir òg vurderte opp mot dei overordna måla for ordninga.

Kriterium for tildeling

Storleiken på bidraget til Det europeiske ungdomsfondet blir fastsett av Ministerkomiteen i Europarådet. Tilskot til samarbeidet i nærområda og anna internasjonalt samarbeid blir fastsett av departementet ut frå gjeldande avtalar og prinsipp. Barentssekretariatet i Kirkenes mottar tilskot for å fremje ungdomssamarbeid i Barentsregionen. Tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane blir forvalta av Fordelingsutvalet etter kriterium som er fastsette i ei eiga forskrift. Søknader frå LNU, Ungdom og Fritid og Unge funksjonshemmede om tilskot til internasjonalt arbeid blir handsama av Bufdir.

Oppfølging og kontroll

Direktoratet for demokrati og deltaking og revisjonsstyret i Europarådet kontrollerer Det europeiske ungdomsfondet.

Bufdir og Fordelingsutvalet har ansvaret for oppfølging og kontroll av tilskotet til LNU, Unge funksjonshemmede, Ungdom og Fritid og av tilskotet til dei frivillige barne- og ungdomsorganisasjonane. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2018

BLD føreslår å auke løyvinga med 2,6 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 315, post 79 under Kulturdepartementet (KUD). Midlane blei overførte til KUD i 2017 i samband med ei eingongsløyving til arrangementet Homeless World Cup og blir no førte tilbake til BLD sitt budsjett. Departementet føreslår samstundes ein reduksjon av posten på 0,5 mill. kroner som følgje av avslutta tiltak i 2017.

Departementet føreslår ei løyving på 11,1 mill. kroner.

Kap. 847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter, kan overførast

8 432

8 188

8 252

Sum kap. 0847

8 432

8 188

8 252

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer lønn og utgifter til varer og tenester ved det nasjonale kontoret som forvaltar programmet. Ein må sjå løyvinga i samanheng med kap. 3847, som omhandlar bidraget frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret og Eurodesk. Det nasjonale kontoret har ansvaret for handsaminga av dei desentraliserte delane av dei ungdomspolitiske tiltaka i programmet Erasmus+.

Departementet føreslår ei løyving på 8,3 mill. kroner.

Kap. 3847 EUs ungdomsprogram

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Tilskot frå Europakommisjonen

4 496

2 364

2 364

Sum kap. 3847

4 496

2 364

2 364

Post 01 Tilskot frå Europakommisjonen

Posten gjeld tilskot frå Europakommisjonen til drift av det nasjonale kontoret for gjennomføring av tiltak innan ungdomspolitisk samarbeid i programmet Erasmus+.

Departementet føreslår ei løyving på 2,4 mill. kroner.

Kap. 848 Barneombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

13 647

15 554

21 492

Sum kap. 0848

13 647

15 554

21 492

Status og hovudoppgåver for verksemda

Barneombodet blei oppretta gjennom lov 6. mars 1981 nr. 5 om barneombud. Hovudoppgåva til Barneombodet er å fremje interessene til barn overfor det offentlege og det private og å følgje med på utviklinga av oppvekstvilkåra for barn. Instruksen til Barneombodet gir retningslinjer for arbeidet.

Mandatet til Barneombodet er avgrensa, og Barneombodet har inga formell avgjerdsmakt.

Barneombodet skal

  • ta vare på interessene til barn i samband med planlegging og utvikling på alle felt

  • følgje med på om lovgivinga om vern av interessene til barn blir følgde, og om norsk rett og forvaltingspraksis er i samsvar med dei forpliktingane Noreg har etter FNs konvensjon om barnerettar

  • føreslå tiltak som kan styrkje rettstryggleiken for barn

  • fremje forslag til tiltak som kan løyse eller førebyggje konfliktar mellom barn og samfunnet

  • følgje med på om det blir gitt tilstrekkeleg informasjon til det offentlege og det private om kva rettar barn har, og om det blir sett i verk naudsynte tiltak

Hovudbrukargruppene til Barneombodet er barn og unge og dei som tek avgjerder.

Barneombodet har i årets budsjett fått særskilte midlar til styrking av arbeidet med barn og unges psykososiale miljø i barnehage og skule. Denne satsinga er vidareført i budsjettforslaget for 2018.

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport for 2016/2017

Prosjektet Barn med nedsett funksjonsevne resulterte i rapporten Uten mål og mening? Elever med spesialundervisning i grunnskolen som tek føre seg retten barn har til spesialundervising, og om denne retten blir oppfylt. Rapporten blei lansert i mars 2017.

Barneombussen besøkte fylka Aust-Agder, Vest-Agder og Nordland i 2016. På turane møtte Barneombodet om lag 460 elevar fordelte på 12 skular.

Barneombodet har i 2016 vidareutvikla metodane sine for medverknad frå barn og unge i arbeidet sitt ved å danne eit barnepanel i samarbeid med ein grunnskule i Skedsmo kommune. Barnepanelet skal kunne brukast som rådgivarar i det daglege, men òg på større prosjekt.

Det kom 324 nye skriftlege førespurnader til ombodet om skule og barnehage i brev eller på e-post i 2016. 111 av dei var om mobbing. Barneombodet fekk òg 519 spørsmål registrert under kategorien skule/mobbing frå barn og unge via spørjetenesta Spør Barneombodet. I tillegg til dette kjem telefonsamtalar til kontoret og direkte møte med barn og unge på skular som Barneombodet har besøkt med Barneombussen.

I 2016 har Barneombodet arbeidd med oppfølging av fagrapporten Grenseløs omsorg – om bruk av tvang i barnevern og psykisk helsevern frå 2015. I 2016 har helse- og omsorgsministeren sett ned eit utval som skal sjå særskilt på reglane for bruk av tvang i psykisk helsevern.

Barneombodet har kravd ein opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn på lik linje med opptrappingsplanen for psykisk helse. Ein slik plan er no lagd fram, jf. Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (20172021).

Barneombodet sette i 2014 i gang eit prosjekt for å marknadsføre barneombodsordninga og barnerettane internasjonalt. Prosjektet har vore ført vidare gjennom 2016. Hovudlanda dette året har vore Vietnam, Peru, Malawi, Tunisia og Kasakhstan/Tadsjikistan.

Strategiar og tiltak for 2018

Barneombodet har utarbeidd 21 langsiktige faglege mål for perioden 2012–2018. Barneombodet vel kvart år ut nokre av desse måla som det skal arbeidast spesielt med. I 2018 vil Barneombodet leggje vekt på desse måla:

Barn med funksjonsnedsetjingar får eit verdig liv og eit tilrettelagt tilbod uansett kvar dei bur

Barneombodet held fram arbeidet med å få gjennomslag for tilrådingane frå rapporten Uten mål og mening? Barn med spesialundervisning i grunnskolen.

Barn kjenner til barnekonvensjonen og Barneombodet

Barneombodet avsluttar prosjektet Barne-ombussen, der barneombodet reiser rundt i landet og besøkjer skular. Ho har med seg eit skuleopplegg der ho informerer om barnekonvensjonen og Barneombodet.

Barn har reell innverknad på utforming av politikk og planar på alle nivå i samfunnet

Barneombodet vil i 2018 halde fram med å vidareutvikle metodane for å få barn og unge til å delta i arbeidet til Barneombodet.

Alle barn i Noreg får oppfylt retten til utdanning i ein trygg og inkluderande skule

Barneombodet vil halde fram med arbeidet med det psykososiale skulemiljøet, både gjennom rettleiing og hjelp til foreldre og barn, føredrag og opplæring og arbeid opp mot fylkesmennene.

Barn i risiko for – eller som er utsette for – vald og overgrep, møter eit system som ser, følgjer opp og gir god behandling

Barneombodet vil gjere ferdig prosjektet Valdsfri barndom – god helse. Prosjektet blei starta i 2017 og er eit todelt prosjekt som har som mål å få alle delar av helsevesenet til å arbeide aktivt for å førebyggje vald og seksuelle overgrep mot barn.

Barnerettane internasjonalt er styrkte gjennom engasjementet til Barneombodet

I 2014 sette Barneombodet i gang eit prosjekt for å marknadsføre barneombod og barnerettane internasjonalt. Prosjektet vil etter planen bli vidareført i 2018.

Rapporteringar frå Barneombodet til relevante internasjonale organ er viktige for barn i Noreg. Barneombodet leverer i 2017 ein supplerande rapport til FNs komité for barnerettar og deltek på «presession» hos komiteen. I 2018 vil ombodet delta på eksamineringa av Noreg og følgje opp tilrådingane som kjem frå komiteen.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter Barneombodet har. Løyvinga er mellom anna auka med 5,8 mill. kroner. Dette er midlar til Barneombodet sitt arbeid med barn og unges psykososiale miljø i barnehage og skule, som er flytta frå Kunnskapsdepartementet til Barne- og likestillingsdepartementet frå 2018.

Departementet føreslår ei løyving på 21,5 mill. kroner.

Programkategori 11.20 Barnevernet

Hovudmål og prioriteringar

Barnevernet skal gi naudsynt hjelp og omsorg til barn som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira. Barnevernet skal vere eit tryggingsnett for barn og unge når foreldra av ulike grunnar ikkje greier å gi barna sine den omsorga dei treng. Regjeringa ønskjer å styrkje rettstryggleiken til barn og familiar i barnevernet. Derfor har regjeringa allereie no lagt fram Prop. 169 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre) for Stortinget med nokre av forslaga frå barnevernslovutvalet. Dette er forslag som i særleg grad styrkjer rettstryggleiken til barn, og som barna har vore opptekne av. Målet om at barnevernet skal gi barna tryggleik, kjærleik og forståing, skal gå fram av lova. Departementet arbeider vidare med å vurdere det heilskaplege forslaget frå barnevernslovutvalet til ny barnevernslov.

Regjeringa arbeider no med å førebu gjennomføringa av barnevernsreforma, som blei lagd fram i Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform). Målet med reforma er at utsette barn og familiar skal få betre hjelp der dei bur. Større kommunalt ansvar for barnevernet skal bidra til sterkare prioritering av førebyggjande hjelp og tenester som er betre tilpassa den einskilde. Kompetanseheving er samstundes viktig for å auke kvaliteten i dei kommunale tenestene. Regjeringa legg derfor, som del av barnevernsreforma, fram ein kompetansestrategi som skal gjelde for perioden 2018–2024. Støtte til lokal tenesteutvikling og betre tilbod om etter- og vidareutdanning er viktige element i kompetansestrategien.

Tilsyn med barnevernet viser uønskte kvalitetsforskjellar mellom kommunar. Det er funne svikt i barnevernstenester i både små og store kommunar, men omfanget av barnevernstenester med små fagmiljø skaper særlege utfordringar. Kompetansestrategien inneheld derfor tiltak for å styrkje samarbeidet mellom kommunar i utviklinga av gode tenester for barn og familiar. Fylkesmannen får i oppgåve å etablere arenaer for læringsnettverk mellom kommunar i kvart fylke. Tettare samarbeid mellom kommunar kan gi den einskilde kommunen betre tilgang på ressursar som trengst i arbeid med krevjande barnevernssaker.

Barn i barnevernet har større helseutfordringar enn andre på same alder. Fleire alvorlege saker som omhandlar barn under barnevernets omsorg har vist behovet for å styrkje samarbeidet mellom barnevernet og helsetenestene. Departementet har, saman med Helse- og omsorgsdepartementet, sett i gang eit arbeid for å styrkje dette samarbeidet. Målet er at barn som har behov for hjelp frå begge tenestene, får koordinert og heilskapleg hjelp og oppfølging når dei treng det. Det skal mellom anna etablerast institusjonar for barn med behov for langvarig omsorg utanfor heimen, samstundes som dei har stort behov for psykisk helsehjelp. Vidare skal dei ambulante barne- og ungdomspsykiatriske tenestene styrkjast. Dette vil lette tilgangen til behandlarar i helsetenestene for barna som treng helsehjelp, og vil medverke til at barn i institusjonane får hjelp der dei bur.

Det er viktig å ha tilstrekkeleg med riktige fosterheimar som kan møte ulike behov hos barn og unge som treng ein ny stad å bu. Å skaffe riktige fosterheimar vil derfor framleis vere ei av hovudprioriteringane til Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat). Kommunen skal alltid vurdere om nokon i familien eller det nære nettverket til barnet kan vere fosterheim. Stortinget slutta seg ved handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) til forslaget om å lovfeste denne plikta. Bruk av verktøy og metodar som involverer barna og nettverka deira, er eit sentralt verkemiddel for å skaffe fosterheim i slekt eller nært nettverk. I Prop. 169 L (2016–2017) er det føreslått å lovfeste at barnevernstenesta skal leggje til rette for bruk av verktøy og metodar for involvering av nettverket ved vurderinga av om nokon i familien eller det nære nettverk til barnet kan vere fosterheim. Vidare har regjeringa sett ned eit offentleg utval som skal greie ut sentrale rammevilkår for fosterforeldre. Føreseielege rammer for fosterheimar er viktig for at fosterforeldre skal meistre oppdraget sitt, og for tryggleiken og utviklinga til barnet.

Mål

For 2018 gjeld desse måla:

Hovudmål

Delmål

5: Utsette barn og ungdom får omsorg, tryggleik og høve til utvikling

5.1: Tiltak og tenester av riktig kvalitet til rett tid

5.2: Heilskaplege og samordna tilbod og tenester

5.3: Rettstryggleik for barn, unge og familiane deira

Delmål 5.1 Tiltak og tenester av riktig kvalitet til rett tid

Resultatrapport 2016/2017

Figur 4.4 Talet på barn og unge med barnevernstiltak ved utgangen av året

Figur 4.4 Talet på barn og unge med barnevernstiltak ved utgangen av året

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Omsorgstiltak inneber at barnevernet har teke over omsorga for barnet. Tal frå SSB viser at det er eit mindretal av barna som får hjelp frå barnevernet, som får slike tiltak. I løpet av 2016 fekk eitt av fem barn i barnevernet omsorgstiltak, medan resten fekk hjelpetiltak. Figuren viser samtidig at det har vore ein gradvis auke i talet på barn med omsorgstiltak. Tala i figuren omfattar barn som fekk barnevernstiltak ved utgangen av året.

Ny ansvarsdeling i barnevernet

Regjeringa la våren 2017 fram Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform) med forslag til barnevernsreform. Høyringa som låg til grunn for lovproposisjonen, hadde fleire forslag til endringar i ansvarsdelinga mellom stat og kommune. Proposisjonen inneheld forslag om at kommunane skal få større fagleg og økonomisk ansvar for barnevernet. Det blei samstundes føreslått tydelegare rammer for det statlege tenestetilbodet innanfor utgreiinga av omsorgssituasjonen til sped- og småbarn og visse andre oppgåver der det er viktig med særleg kompetanse. Endringane skal styrkje førebyggjande arbeid og tidleg innsats i kommunane. Stortinget slutta seg til forslaga i Prop. 73 L (2016–2017) den 7. juni 2017.

Regjeringa har sett i gang eit forsøk med endringar i ansvarsdelinga mellom stat og kommune på barnevernsområdet. Dei tre kommunane Røyken, Alta og Nøtterøy i interkommunalt samarbeid med Tjøme har fått auka oppgåve- og finansieringsansvar på barnevernsområdet, med heilskapleg ansvar for fosterheim og hjelpetiltak og større valfridom når det gjeld val av institusjon. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) følgjer opp forsøket, som skal vare ut 2019. Andre delrapport frå evalueringa av forsøket viser at forsøkskommunane det fyrste året i hovudsak har halde seg til planlagt framdrift. Dei har gjennomført aktivitetar og etablert tiltak som planlagt. Det førebyggjande arbeidet og innsats på fosterheimsområdet har vore prioritert. Tre fylkesmannsembete har fått tilført meir midlar som følgje av fleire tilsynsoppgåver i samband med forsøket.

Vedtak nr. 781, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan barnevernsansatte kan sikres mot vold og trusler.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform), jf. Innst. 354 L (2016–2017).

Tilsette i barnevernet er blant yrkesgruppene som er særleg utsette for hets, vald og truslar om vald. Hets og truslar om vald blir sette fram i sosiale medium og på anna vis. I tillegg til tilsette i kommunalt barnevern og i barnevernsinstitusjonar blir fosterforeldre utsette for truslar. Vedtaket er følgt opp ved at departementet har sett i verk eit arbeid for å finne fram til føremålstenlege tiltak som kan gi tilsette i barnevernet betre vern mot vald, truslar og hets. Det vil bli utarbeidd ei oversikt over tiltak som er sette i verk, og tilrådde tiltak. Bufdir vil gjennomføre arbeidet i dialog med aktuelle interessentar med sikte på vidare tiltaksutvikling. Det visast òg til regjeringas strategi mot hatefulle ytringar (2016–2020), der det mellom anna er viktige tiltak retta mot innsatsen til politiet på dette feltet. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Tidleg innsats og hjelpetiltak i barnevernet

I 2016 la departementet vekt på å styrkje det førebyggjande arbeidet i kommunane retta mot utsette barn, unge og familiane deira, slik at tenestene kan komme tidleg inn med gode tiltak og førebyggje at problema blir større.

Familieråd blir i aukande grad brukt i alle fasar av ei barnevernssak. I 2016 blei det gjennomført familieråd for over 1 100 barn i 200 kommunar. Ifølgje Bufdir opplever mange barn og unge at dei her blir høyrde og tekne på alvor. I 2016 har Bufetat hatt positive resultat i det aktive arbeidet med bruk av familieråd i fosterheimsarbeidet, i akutte situasjonar og når barn og unge bur i barnevernsinstitusjonar. Ved tilbakeføring frå mellom anna institusjon til heimen vil samarbeid med familie og nettverk i familieråd gjere barn og ungdom betre rusta til å møte kommande utfordringar. I Prop. 169 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre) er det føreslått å lovfeste at barnevernstenesta, ved vurderinga av om nokon i familien eller nettverket til barnet kan vere fosterheim, skal leggje til rette for bruk av verktøy og metodar for nettverksinvolvering, dersom det er hensiktsmessig.

Det er framleis store variasjonar i fagleg praksis og tilgang til ulike hjelpetiltak mellom kommunane. Dette fører til at barn får ulik hjelp avhengig av kvar dei bur. Generelt bruker større kommunar rettleiingsstiltak meir enn mindre kommunar. Det er sannsynleg at variasjonane kan koplast til betre tilgang på ressursar og meir kompetanse om verknadsfulle tiltak i større kommunar. Variasjonen i fagleg praksis er éi av årsakene til at det blir arbeidd for å vidareutvikle den kommunale barnevernskompetansen og kvaliteten på barnevernstenestene. Ein nasjonal plan for fagutvikling av hjelpetiltak skal ferdigstillast i løpet av 2017.

Lovendringa om utvida høve til å påleggje hjelpetiltak tredde i kraft 1. april 2016. Fylkesnemndene fekk inn 57 saker med krav om å påleggje hjelpetiltak i 2016. Departementet har gitt ut retningslinjer om hjelpetiltak der pålegg om hjelpetiltak inngår.

I 2016 fekk kommunane tilbod om opplæring i EuroADAD for å auke kvaliteten i utgreiingsarbeidet i barnevernet. EuroADAD er eit internasjonalt kartleggingsverktøy som blir nytta til utgreiing, behandlingsplanlegging og forsking. Totalt har 259 sakshandsamarar i barnevernet fått slik opplæring i 2015 og 2016. Evalueringa Bufdir har gjort, syner at deltakarane vurderte nytta av opplæringa som særs høg. Forskingsprosjektet Undersøkelsesarbeid i barnevernet: Fra bekymring til beslutning er leidd av RKBU Nord og er eit ledd i utviklinga av kunnskap om undersøkingsarbeidet.

I samarbeid med representantar frå barnevernstenestene, fylkesmannsembeta, tilsynsstyresmakter og brukarorganisasjonar greidde Bufdir i 2016 ut behov for eit felles fagleg kvalitetssystem i barnevernet. Kvalitetssystemet må sjåast i samanheng med forprosjektet som skal vurdere eit nasjonalt system for saksgang og digital innbyggjarstøtte, sjå nærare omtale under Digitalisering og IKT. Eit felles fagleg kvalitetssystem vil leggje til rette for likare sakshandsaming og betre kvalitetssikra barnevernsfagleg praksis. Kvalitetssystemet vil gi sakshandsamarane fagleg rettleiing og hjelp under arbeidet med dei ulike delane av ei barnevernssak. Det vil i tillegg medverke til betre dokumentasjon, informasjonsflyt og medverknad frå barn og foreldre. Konklusjonen frå utgreiinga er at det trengst eit nytt og felles kvalitetssystem som gir sakshandsamarane fagleg avgjerdsstøtte basert på etablert kunnskap om barns behov. Konklusjonen seier også at kvalitetssystemet vil leggje til rette for at sakshandsamarane tek utgangspunkt i eit felles fagleg grunnlag. Arbeidet med å greie ut eit slikt system for norske forhold blir vidareført i 2017, med tilsvarande system i Sverige og Danmark blant moglege modellar.

Tiltak utanfor heimen

Figur 4.5 Barn og unge med plasseringstiltak ved utgangen av 2016 etter type tiltak og plasseringstiltak

Figur 4.5 Barn og unge med plasseringstiltak ved utgangen av 2016 etter type tiltak og plasseringstiltak

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Tal frå SSB viser at 39 260 barn og unge fekk tiltak frå barnevernet ved utgangen av 2016. Av desse fekk vel 40 pst. (15 865) plasseringstiltak, tiltak som inneber flytting frå heimen. Nesten 70 pst. av dei som barnevernet har flytta frå heimen bur i fosterheim. Det er omtrent det same som tidlegare år. Delen barn og unge som bur i bustad med oppfølging har auka sidan 2015. Det heng truleg saman med den store flyktningstraumen hausten 2015, som førte til at fleire einslege mindreårige blei busette i 2016 enn tidlegare år. Mange av dei einslege mindreårige bur i bustad med oppfølging. På slutten av 2016 budde 1 200 barn og unge i barnevernsinstitusjon, omtrent det same som i 2015. Figuren viser at ved utgangen av 2016 budde vel 700 barn og unge i beredskapsheim, 10 pst. færre enn i 2015.

I 2016 blei det gjennomført ei nasjonal brukarundersøking i statlege og private institusjonar og fosterheimar. Resultatet viser samla sett at fleirtalet av barn og unge har det bra og opplever god medverknad og godt samarbeid med dei som er tettast på dei i kvardagen. Resultata frå brukarundersøkinga viser ei betring samanlikna med resultata frå førre undersøking i 2013.

Barnevernsinstitusjonar skal vareta behova til barn som bur der. Ved handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) slutta Stortinget seg til fleire tiltak som skal medverke til at barn i barnevernet får naudsynte og forsvarlege helsetenester, sjå omtale under delmål 5.2. Stortinget slutta seg også til prinsippet om at kommunane skal få større moglegheit til å velje plass i institusjon. Dette skal gi eit institusjonstilbod som tek omsyn til behova til barnet på ein betre måte. Arbeidet med å revidere forskrift om godkjenning av institusjonar og forskrift om krav til kvalitet og internkontroll i barnevernsinstitusjonar er utsett som følgje av arbeidet med å vurdere forslaget frå barnevernslovutvalet til ny barnevernslov.

Bufetat inngjekk nye kontraktar om kjøp av institusjonsplassar med ideelle og private aktørar i 2016. Dei nye avtalene gjer at barna får eit tilbod som er betre tilpassa behova til det einskilde barnet. Vidare er krava til kvalitet no dei same som i statlege institusjonar, mellom anna er det krav til skule- og helseansvarleg i kvar institusjon. Kjøpa blei gjorde i to konkurransar, der den eine var open for ideelle aktørar og den andre var open for både ideelle og kommersielle aktørar.

Både tilsynsrapportar og forsking har peikt på at kommunalt barnevern ikkje handterer akutte saker godt nok. Manglande systematikk, dokumentasjon, tilrettelegging for barns medverknad og for stor lokal variasjon i framgangsmåte og vurderingar av det beste for barnet blir trekte fram som område som ikkje blir handterte godt nok i kommunane. Bufdir har utvikla eit fagleg digitalt hjelpeverktøy for barnevernstenestene når barn skal hasteflyttast. Verktøyet blei lansert våren 2017. I forlenginga av arbeidet med det digitale hjelpeverktøyet skal direktoratet òg lage ei rettleiing for akuttarbeid i kommunane. Det er planlagt at denne skal ferdigstillast i løpet av 2017.

Trass stor innsats og fleire ressursar i 2016 for å skaffe tilstrekkeleg mange fosterheimar tilpassa behova til barnet, rekrutterte Bufetat nokre færre fosterheimar enn i 2015. Samanlikna med utgangen av 2015 hadde nokre fleire barn og unge venta lenger enn seks veker i mellombelse tiltak etter vedtak om fosterheim enn ved utgangen av 2016. For å betre situasjonen på lengre sikt utarbeidde Bufdir i 2016 ei rekkje forslag til tiltak for å rekruttere fleire fosterfamiliar. Dette gjeld mellom anna utvikling av eit digitalt rekrutterings- og informasjonstilbod, digitalisert modulbasert opplæring av potensielle fosterheimar og eit matchings- og kartleggingsverktøy. Utviklingsprosjektet skal følgjast opp i 2017.

Riksrevisjonen gjennomførte i 2015 ein revisjon av statens ansvar for opplæring og rettleiing av fosterforeldre i Bufetat. Revisjonen viste mellom anna at Bufdir hadde manglar i system og rutinar, og at fosterforeldre som hadde barn buande hos seg, i varierande grad gjennomførte vidareopplæring. Departementet og direktoratet følgjer opp merknadene frå Riksrevisjonen.

Arbeidet med å rekruttere fosterheimar til einslege, mindreårige flyktningar blei trappa opp i 2016. Dette har ført til at fleire einslege mindreårige enn nokon gang har blitt plasserte i fosterheim. SOS-barnebyer fekk i 2016 midlar til å utvikle og prøve ut ein ny modell for busetjing og integrering av einslege, mindreårige flyktningar. Dei har utarbeidd informasjon om og erfaringar frå prosjektet som er å finne på heimesida til SOS-barnebyer samt på nettsida Veiviser – bolig for velferd. Vidare arbeider Bufetat med å rekruttere og rettleie aktuelle fosterforeldre for denne gruppa av barn og unge. Det er i tillegg utvikla eit eige kurs for opplæring av fosterforeldre til einslege mindreårige. Dette blei teke i bruk i 2017.

Arbeidet med tiltak for å rekruttere fleire fosterfamiliar må sjåast i samanheng med Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – Fosterhjem til barns beste som Stortinget handsama 31. mai 2016. Bufdir har på oppdrag frå BLD utarbeidd ein fireårig plan for oppfølging av ei rekkje tiltak og oppmodingsvedtak etter fosterheimsmeldinga.

I samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016) gjorde Stortinget oppmodingsvedtaka som er omtalte nedanfor, jf. Innst. 318 S (2015–2016). Under følgjer omtalar av oppfølginga av vedtaka.

Vedtak nr. 743, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen sette i gang forskning på hvordan biologiske barn opplever å være fostersøster/bror.»

Vedtaket er følgt opp ved at Bufdir våren 2017 lyste ut eit forskingsprosjekt med mål om å få kunnskap om korleis biologiske barn opplever å ha fostersøster/-bror. Planen er at ein forskingsrapport vil vere tilgjengeleg i 2019.

Vedtak nr. 746, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen vurdere hvorvidt alle fosterforeldre årlig bør gis veiledning, blant annet om grensesetting.»

Bufdir oppretta i 2015 eit nasjonalt spisskompetansemiljø som skal betre kvaliteten i rettleiingstilbodet til fosterforeldre. Grensesetjing inngår i rettleiingstilbodet. Spisskompetansemiljøet skal gi tilrådingar om metode og innhald i rettleiinga, og miljøet skal særleg vurdere om temaet grensesetjing blir godt nok vareteke. Kor ofte fosterforeldra skal få rettleiing, vil bli fastsett på grunnlag av ei individuell vurdering av behovet til kvart einskilt barn. Arbeidet med utvikling av eit program for grensesetjing starta i 2017 og skal avsluttast i 2020. Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Vedtak nr. 748, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen utrede fosterforeldres pensjonsvilkår med siktemål om at fosterforeldre ikke skal tape på å være frikjøpt på grunn av barnets ekstra behov for omsorg og oppfølging.»

Vedtaket er følgt opp ved at regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal sjå på rammevilkåra for fosterheimar. I mandatet for utvalet heiter det: «Utvalget skal vurdere om det er nødvendig med tydeliggjøring eller endringer i rettigheter knyttet til ytelser etter folketrygdloven. Dette gjelder blant annet ytelser ved sykdom, uførhet og arbeidsledighet, samt alderspensjon. Utvalget skal også vurdere om og ev. når pensjonsavtale gjennom kommunen kan være aktuelt, og hvordan dette i tilfelle kan reguleres og finansieres.»

Vedtak nr. 750, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen sette i gang et forskningsprosjekt for å se på hva slags ettervern som har best effekt.»

Bufdir starta i 2015 eit forskingsprosjekt om ettervern. Prosjektet skal gi ei oversikt over og vurdere korleis ettervernet fungerer i dag. Vidare skal prosjektet sjå på om ettervernet er organisert på eigna måte for å hjelpe barna med å få eit godt vaksenliv. Ein rapport frå prosjektet skal liggje føre i 2018.

Ettervern er òg eitt av temaområda i mandatet til NOU om rammevilkår for fosterforeldre, der det heiter: «Utvalget skal synliggjøre og drøfte hvilke forutsetninger som må ligge til grunn for at kommunene skal kunne gi god oppfølging av fosterhjemmene, også etter fylte 18 år.» Departementet reknar vedtaket som følgt opp.

Vedtak nr. 752, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå regelverket for fosterforeldre som blir uføretrygdet eller får arbeidsavklaringspenger.»

Vedtaket er følgt opp ved at regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal sjå på rammevilkår for fosterheimar. I mandatet for utvalet heiter det: «Utvalget skal vurdere om det er nødvendig med tydeliggjøring eller endringer i rettigheter knyttet til ytelser etter folketrygdloven. Dette gjelder blant annet ytelser ved sykdom, uførhet og arbeidsledighet, samt alderspensjon.» Regjeringa føreslår òg ei overgangsordning for fosterforeldre som får dagpengar og arbeidsavklaringspengar, slik at godtgjersle knytt til det å vere fosterforeldre ikkje lenger vil føre til avkorting av dagpengar og arbeidsavklaringspengar. Timar som følgje av arbeid knytt til det å vere fosterforeldre vil ikkje lenger føre til avkorting av dagpengar og arbeidsavklaringspengar. Unntaket frå avkorting gjeld ikkje for fosterforeldre som er frikjøpt frå arbeidet. Endringane skal gjelde for alle med verknad frå 1. januar 2018. Sjå nærare om tale i Prop. 1 S (2017–2018) for Arbeids- og sosialdepartementet.

Kompetanseutvikling i barnevernet

I 2016 gjennomførte NOKUT tilsyn med dei sosialfaglege utdanningane (barnevernspedagog, sosionom og vernepleiar). Tilsynet avdekte mellom anna eit behov for å heve den barnevernsfaglege profilen i barnevernspedagogutdanninga. Det blei òg peikt på behov for meir systematisk samarbeid mellom utdanningane og praksisfeltet og tydelegare mål for kva som er venta læringsutbytte.

BLD samarbeider med Kunnskapsdepartementet (KD) om tiltak for å heve kvaliteten i utdanningane. KD sende våren 2017 på høyring forslag til forskrift om felles rammeplan for dei helse- og sosialfaglege grunnutdanningane og forslag til nytt styringssystem for desse. Departementet tek sikte på å fastsetje forskrifta i løpet av hausten 2017. På dette grunnlaget held arbeidet fram med å utvikle nasjonale retningslinjer for dei einskilde helse- og sosialfagutdanningane. Representantar frå utdanningane, tenestene dei utdannar til og studentane vil medverke i dette arbeidet. Bufdir har samstundes sett i gang eit arbeid med å kartleggje kompetansebehova i dei kommunale barnevernstenestene.

Gjennom den nye tilskotsordninga til barnevernsfaglege vidareutdanningar fekk arbeidsgivarar til i alt 39 tilsette stønad til å ta vidareutdanning i barnevernsfagleg rettleiing i 2016. Med eitt unntak var mottakarane kommunar. Tilskotsordninga er i 2017 utvida til òg å gjelde vidareutdanninga Barnevern i eit minoritetsperspektiv.

Hausten 2016 blei det nye utdanningstilbodet Vidareutdanning i barnevernsfagleg rettleiing oppretta. Universitetet i Tromsø/RKBU Nord er ansvarleg for vidareutdanninga i samarbeid med RBKU Midt, RKBU Vest og RBUP Aust og Sør. Total studiekapasitet ved Vidareutdanning i barnevernsfagleg rettleiing var 60 studentar med oppstart hausten 2016. Ifølgje Bufdir var til saman 59 studentar i vidareutdanninga hausten 2016/våren 2017. Etter at dei dåverande avtalane om å tilby vidareutdanninga Barnevern i eit minoritetsperspektiv gjekk ut ved årsskiftet 2016/2017, er det inngått avtalar om å tilby ei slik vidareutdanning i 2017 ved Høgskolen i Oslo og Akershus og Høgskolen i Sørøst-Norge. Vidareutdanning i barnevernleiing starta opp våren 2016. Dei fyrste studentane ved den nye vidareutdanninga har no fullført utdanninga.

Digitalisering og IKT

Bufdir deltek i eit forprosjekt i regi av KS som skal vurdere eit nasjonalt system for saksgang og digital innbyggjarstøtte for kommunalt barnevern. Dette må sjåast i samanheng med behovet for eit fagleg kvalitetssystem for barnevernet, sjå tidlegare omtale under tidleg innsats og hjelpetiltak i barnevernet. For at eit nasjonalt kvalitetssystem skal bli implementert på ein effektiv måte, er ein avhengig av gode, digitale løysingar. Å involvere brukarane har vore viktig for prosjektet. Konseptfasen av forprosjektet blei ferdigstilt våren 2017. I denne fasen har prosjektet utarbeidd eit målbilete og ein realiseringsstrategi for nye digitale løysingar i barnevernet. Forprosjektet blir følgt opp med ei utgreiing av moglege gjennomføringsstrategiar for nye digitale løysingar.

Direktoratet har utvikla eit nytt digitalt system for å handtere halvårsrapportering frå kommunane på barnevernsområdet. Løysinga gir meir digital støtte i samband med rapporteringa, mellom anna knytt til tilgang på opplysingar og moglegheit for samanlikning på tvers av kommunar. Bufdir har vidare utarbeidd fleire digitale rettleiingar, retningslinjer og anna fagstoff på barnevernsområdet. Til dømes er det laga verktøy for akuttplasseringar og for fosterheimsplasseringar i slekta eller det nære nettverket til barnet.

I 2016 tok fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker i bruk eit nytt sakshandsamingssystem, ProSak. Vidare tok dei i bruk eit sikkert elektronisk system for kommunikasjon med fagkunnige og allmenne medlemmer og talspersonar i 2017, sjå delmål 1.2.

Strategiar og tiltak for 2018

Barnevernsreform

Stortinget slutta seg ved handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) til forslaga om barnevernsreform, jf. Innst. 354 L (2016–2017). Reforma skal tidlegast tre i kraft i 2020. Departementet vil arbeide med å førebu iverksetjing av reforma, sjå mellom anna omtale av kompetansesatsinga i det kommunale barnevernet.

Alta kommune, Røyken kommune og Nøtterøy kommune i interkommunalt samarbeid med Tjøme kommune er med i eit forsøk med endra oppgåve- og ansvarsdeling mellom kommune og stat innan barnevernet. Erfaringane frå forsøket med ny ansvarsdeling vil vere viktige i arbeidet med å førebu iverksetjing av den nasjonale barnevernsreforma. Departementet er i dialog med kommunane for å få ein best mogleg overgang frå forsøket til den nasjonale reforma.

I samband med handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) gjorde Stortinget oppmodingsvedtaka som er omtalte nedanfor, jf. Innst. 354 L (2016–2017). Under følgjer omtalar av korleis oppmodingsvedtaka skal følgjast opp.

Vedtak nr. 779, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen innføre krav om årlig rapportering om barnevernet til kommunestyret.»

Departementet skal vurdere å innføre krav i barnevernlova om årleg rapportering til kommunestyret om tilstanden i barnevernet. Eit naturleg utgangspunkt for rapporteringa vil vere eksisterande rapporteringar og statistikk på kommune- og tenestenivå. Departementet vil komme tilbake til Stortinget om oppfølging av vedtaket på eigna måte.

Vedtak nr. 780, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere og gjennomgå de ulike programmene og sikre at barn og unge gis en betydelig rolle i denne evalueringen.»

Vedtaket er knytt til kapittel 13 om spesialiserte hjelpetiltak i barnevernet i Prop. 73 L (2016–2017).

Stortinget slutta seg i samband med handsaminga av proposisjonen til at Bufetat framleis skal ha eit tilbod om spesialiserte hjelpetiltak der dette kan forhindre plassering utanfor heimen. Det statlege tilbodet kan omfatte program og tiltak som Bufetat tilbyr allereie i dag, men også andre tiltak som krev særskild kompetanse. Departementet vil følgje opp at den faglege utviklinga av det statlege tilbodet skal byggje på forsking og evalueringar, der erfaringar barn og ungdom har med tiltaka blir godt dokumenterte. Dette gjeld også tiltak som Multisystemisk Terapi, som er blant tiltaka Bufetat tilbyr i dag. Departementet vil komme tilbake til Stortinget og orientere om arbeidet på eigna måte.

Vedtak nr. 782, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen sørge for at en barnevernsreform som skissert i Prop. 73 L (2016–2017) må være fullfinansiert.»

I tråd med etablert praksis legg regjeringa opp til at kommunesektoren skal kompenserast for utrekna meirutgifter til barnevernstiltak gjennom rammetilskotet. Kompensasjonen vil i hovudsak motsvarast av reduserte utgifter og auka inntekter for Bufetat, gitt uendra prisar og uendra bruk av tiltaka. Regjeringa vil innarbeide kompensasjonen i budsjettforslaget før reforma blir sett i verk. Regjeringas satsing på kompetanse for det kommunale barnevernet er avgjerande i arbeidet med å ruste kommunane for meir ansvar. Sjå omtale under Kompetanse og kvalitetsutvikling i barnevernet.

Vedtak nr. 783, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå reglene for anbud i barnevernet, herunder legge fram retningslinjer for kvalitetssikring og kontroll.»

Departementet vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtaket.

Kompetanse og kvalitetsutvikling i barnevernet

Med endringane som er vedtekne ved handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017), vil kommunane få større fagleg og økonomisk ansvar. Kommunane skal bli førebudde på ansvarsoverføringa gjennom ein langsiktig kompetansestrategi for det kommunale barnevernet. Kompetansestrategien gjeld for perioden 2018–2024. Med strategien ønskjer regjeringa å heve kompetansen i heile det kommunale barnevernet. Undersøkings- og endringsarbeid er viktige fagområde for kompetanseheving.

Regjeringa legg vekt på praksisnærleik, særleg ved at ein bør nytte seg av den kompetansen som finst lokalt i kommunane og i praksisfeltet. Det er viktig for å gjere det mogleg å byggje kompetanse der behovet er størst. Det vil bli teke omsyn til at det tek tid å byggje opp den naudsynte kompetansen i sektoren.

Tiltaka i strategien er konsentrerte om tre innsatsområde:

  1. betre grunn-, etter- og vidareutdanningar

  2. betre leiarstøtte og støtte til tenesteutvikling

  3. tydelegare krav til kompetanse i barnevernstenestene

Bufdirs arbeid med å kartleggje kompetansebehova i det kommunale barnevernet skal danne grunnlag for innhaldet i utdanningstiltak. Kartleggingsarbeidet skal også følgjast opp gjennom utvikling av kompetansekrav for barnevernet.

Kompetansesatsinga i det kommunale barnevernet starta opp hausten 2017, mellom anna gjennom opplæringstilbod til utvalde kommunar. Tilbodet blir utvida til fleire kommunar i 2018.

Regjeringa vil etablere fleire vidareutdanningstilbod for tilsette i det kommunale barnevernet. Utdanningane startar opp hausten 2018. Føremålet er å gi tilsette betre høve til fordjuping og til å tileigne seg kompetanse som trengst for arbeid med komplekse barnevernssaker. Regjeringa føreslår å utvide tilskotsordninga til barnevernsfaglege vidareutdanningar, gjennom å inkludere vidareutdanningane som startar opp hausten 2018. Kommunane vil få tilskot for å dekkje vikarutgifter, reisekostnader og litteraturkjøp når tilsette tek vidareutdanning. Bufdir vil framleis forvalte tilskotsordninga.

Kompetansestrategien inneheld også tiltak for å forbetre grunnutdanningane. Regjeringa vil få på plass ein nasjonal plan for barnevernsutdanningar på masternivå. Planen skal gi tilrådingar om organisering av masterutdanningar, kva for læringsutbytte utdanningane bør gi og kor stort omfanget av studieplassar bør vere.

Kvalitets- og kompetanseutvikling skal tilpassast lokale tilhøve. Fylkesmannen skal opprette arenaer for læringsnettverk mellom kommunar i kvart fylke. Kommunane skal i samarbeid, gjennom læringsnettverka, vurdere kva for behov dei har for kvalitetsutvikling, og setje i gang utviklingsarbeid som kan omfatte fleire kommunar. Dette kan mellom anna omfatte arbeid med å få på plass kunnskapsbaserte hjelpetiltak retta mot særskilde målgrupper. Arbeidet skal medverke til at tilboda i kommunane til utsette barn og familiar som treng særskild oppfølging, blir styrkte. Fylkesmannen får i oppgåve å koordinere arbeidet i læringsnettverka og forvalte stimuleringsmidlar til lokale utviklingsprosjekt.

Regjeringa føreslår derfor å auke løyvinga til kompetansesatsinga i det kommunale barnevernet med om lag 50 mill. kroner i 2018. Totalt vil det då vere over 80 mill. kroner til kompetansesatsinga i 2018. Dette inkluderer tiltaka som allereie er sette i gang i 2017.

Tidleg innsats og hjelpetiltak i barnevernet

Bufdir skal i løpet av 2017 utvikle ein nasjonal plan for hjelpetiltaka i barnevernet, inkludert ettervernet. Planen er eit langsiktig fagutviklingsprogram som skal medverke til at tiltaka i barnevernet blir meir kunnskapsbaserte og betre tilpassa livssituasjonen og behova til det einskilde barnet og familien. Det er eit mål å oppnå større breidde i tiltaksregisteret og å betre kompetansen i hjelpearbeidet. Planen systematiserer erfaringar frå bruken av kommunale hjelpetiltak i barnevernet og omtaler og gir tilrådingar om kva slags hjelpetiltak ein kommune bør ha. Den nasjonale planen for hjelpetiltak i barnevernet må sjåast i nær samanheng med kompetansesatsinga. I 2018 blir det i den nasjonale planen for hjelpetiltak særleg lagt opp til å vidareutvikle det faglege grunnlaget for kunnskapsbasert hjelpetiltaksarbeid.

Tiltak utanfor heimen

Det er eit mål at barn og unge skal få riktig tiltak frå barnevernet til rett tid. Barnevernet skal ha spesialiserte og differensierte tiltak utanfor heimen. Kvaliteten skal vere god uavhengig av kvar i landet barna bur. Bufetat vil halde fram med å standardisere arbeidet i barnevernet. I 2018 vil alle regionane i Bufetat ta i bruk standardar for saksgang i omsorgsinstitusjonar for ungdom. Standardane skal medverke til at tiltaka tek utgangspunkt i felles målsetjingar og felles fagleg metodikk, med likt kunnskapsgrunnlag. Det nasjonale spisskompetansemiljøet for endringsarbeid i omsorgsinstitusjonar i Region Nord, som blei oppretta i 2017, får som oppgåve å rettleie iverksetjingsarbeidet.

Alle barnevernsinstitusjonar skal innføre effektmålingar i 2018. Effektmålingar vil bli gjennomførte ved kartlegging av barna både ved inn- og utskriving. Resultata av målingane vil vise om behandlinga har ønskt effekt, og vil gi viktig kunnskap for den vidare utforminga av tenestene.

I 2018 skal medverknad i endå større grad enn no bli ein del av tenesteutøvinga i Bufetat. Barn og foreldre skal oppleve at dei medverkar under heile tidsperioden, frå fyrste kontakt med institusjonen til barnet blir skrive ut. Medverknad i tenesta til Bufetat skal dokumenterast, erfaringane til barn og foreldre skal systematiserast og leggjast til grunn i arbeidet med kvalitetsutvikling i tenestene. Eit av tiltaka som skal innførast, er regelmessige månadlege brukarundersøkingar for barn i statlege og private institusjonar. Resultata skal nyttast i regionane si styring av einingane, og direktoratet si styring av regionane. Undersøkingane blant barn i barnevernsinstitusjonar vil gi barna høve til å melde frå om korleis dei har det undervegs i opphaldet.

Departementet har saman med Helse- og omsorgsdepartementet sett i gang eit arbeid for å styrkje samarbeidet mellom barnevernet og helsetenestene, slik at barn som har behov for hjelp frå begge tenestene, får koordinert og heilskapleg hjelp og oppfølging, sjå også delmål 5.2.

Departementet følgjer opp Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – Fosterhjem til barns beste. Oppfølging av tiltak i meldinga og oppmodingsvedtak frå Stortinget skal medverke til vidareutvikling og kvalitetsheving av fosterheimsomsorga. Eit av oppmodingsvedtaka Stortinget gjorde, var at det skulle opprettast eit offentleg utval som skal sjå på fosterheimsomsorga. Regjeringa oppretta eit utval 21. april 2017, som mellom anna skal sjå på korleis økonomiske rammer saman med opplæring, tilrettelegging og anna oppfølging på best mogleg vis kan medverke til å gi fosterheimar heilskapleg støtte. Utvalet skal også sjå på korleis andre tenester i kommunen på ein best mogleg og tverrfagleg måte kan hjelpe fosterheimane. Føremålet er å føreslå endringar som kan føre til større tryggleik og betre tilpassa tiltak. Medlemmane i utvalet har ulik kompetanse om barnevernet, frå mellom anna forsking, arbeid i kommunar og som fosterforeldre og fosterbarn. Utvalet skal etter planen levere innstillinga si i desember 2018.

I samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016), gjorde Stortinget oppmodingsvedtak som er omtalte nedanfor, jf. Innst. 318 S (2015–2016):

Vedtak nr. 740, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå bruken av tvang når det gjelder barn innenfor barnevernet og fosterhjemsomsorgen.»

Departementet har gitt Bufdir i oppdrag å utarbeide og setje i verk ein plan for oppfølging av vedtaket. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtaket.

Vedtak nr. 742, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen sikre fosterfamilier med barn med funksjonsnedsettelser trygge og forutsigbare rammevilkår og god og koordinert tilrettelegging.»

I mandatet til det offentlege utvalet som skal sjå på rammevilkåra for fosterheimar, heiter det: «Utvalget skal vurdere og anbefale hvordan andre tjenester i kommunen kan bidra til å få en helhetlig oppfølging av barnet og fosterfamilien. I vurderingen skal de blant annet drøfte hvordan kommunen kan legge bedre til rette for fosterfamilier som tar imot barn med funksjonsnedsettelser og søsken.»

Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket etter at innstillinga frå utvalet er lagd fram.

I 2017 blei det òg utarbeidd ei digital rettleiing om tilbod til barn som opplever omsorgssvikt, men òg treng hjelp grunna funksjonsnedsetjing. Rettleiinga er felles for barnevernet og helse- og omsorgstenesta.

Vedtak nr. 747, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag for Stortinget som sikrer likeverdige økonomiske rammevilkår for fosterforeldre i kommunale fosterhjem.»

Regjeringa har sett ned eit offentleg utval som skal sjå på både dei faglege og økonomiske rammevilkåra for fosterheimar. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket etter at innstillinga frå utvalet er lagd fram.

Vedtak nr. 749, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen om en full gjennomgang av fosterhjemskontraktene, og komme med en løsning som gir større forutsigbarhet enn i dag, herunder bedre rettigheter for fosterforeldrene og en mer formell tilknytning for barnet til fosterhjemmet.»

I mandatet til det offentlege utvalet som skal sjå på rammevilkår for fosterheimar, heiter det: «Utvalget skal gjennomgå og vurdere dagens fosterhjemskontrakter og anbefale eventuelle endringer.». Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket etter at innstillinga frå utvalet er lagd fram.

Vedtak nr. 757, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen sørge for at søsken som hovedregel ikke blir splittet ved omsorgsovertakelse, og at det gjøres tiltak som legger bedre til rette for fosterfamilier som tar i mot søsken.»

I Prop. 1 S (2016–2017) for BLD går det fram at delar av vedtaket er følgde opp ved at Bufdir har utarbeidd faglege tilrådingar for fosterheimar i slekt og nettverk, som også inkluderer ei tilråding om å plassere søsken i same fosterheim. Vidare har Bufdir gitt NOVA i oppdrag å utarbeide ei generell kunnskapsoppsummering om søsken i fosterheimar, som skal danne grunnlag for faglege tilrådingar om tiltak for at søsken kan bu i same fosterheim.

I mandatet til det offentlege utvalet som skal sjå på rammevilkår for fosterheimar, heiter det: «Utvalget skal vurdere og anbefale hvordan andre tjenester i kommunen kan bidra til å få en helhetlig oppfølging av barnet og fosterfamilien. I vurderingen skal det blant annet drøftes hvordan kommunen kan legge bedre til rette for fosterfamilier som tar imot barn med funksjonsnedsettelser og søsken.» Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget om oppfølginga av vedtaket etter at innstillinga frå utvalet er lagd fram.

Kompensasjon for historiske pensjonskostnader

Historisk har ein vore samde om at lønns- og pensjonsordningane for tilsette i dei ideelle verksemdene som leverer helse- og sosialtenester til det offentlege, skulle vere tilnærma like dei som gjeld for tilsette i offentleg teneste. Regjeringa føreslår å etablere ei tilskotsordning for dekking av historiske pensjonskostnader hos ideelle leverandørar, i oppfølginga av NOU 2016: 12 Ideell opprydding. Ordninga skal gjelde private verksemder med offentleg tenestepensjonsordning som har levert lovpålagde spesialisthelsetenester og barnevernstenester som staten er ansvarleg for. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2017–2018) for Helse- og omsorgsdepartementet.

Delmål 5.2 Heilskaplege og samordna tilbod og tenester

Resultatrapport 2016/2017

Helsetenester til barn i barnevernet

Barn i barnevernet har større helseutfordringar enn andre på same alder. Fleire alvorlege einskilde saker som omhandlar barn under barnevernets omsorg, har vist behovet for å styrkje samarbeidet mellom barnevernet og helsetenestene. Helsedirektoratet og Bufdir har samarbeidd om å styrkje tilbodet om helsetenester til barn i barnevernet. Hausten 2016 leverte direktorata ein rapport med oppsummeringar frå arbeidet og tilrådingar om vidare tiltak. I 2016 hadde alle statlege og private barnevernsinstitusjonar fått ein helseansvarleg. Helseansvarlege gjennomfører og evaluerer opplæringstiltak for tilsette og tek vare på samarbeidet mellom institusjonane og primær- og spesialisthelsetenestene. Det er òg laga retningslinjer om helseansvarleg i barnevernsinstitusjon og omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar. Prop. 73 L (2016–2017) om barnevernsreforma presenterer noverande og planlagde tiltak på dette feltet.Barnevernsansvarleg i psykisk helsevern for barn og unge skal etablerast i regi av dei regionale helseføretaka hausten 2017. Dette skal medverke ytterlegare til nært samarbeid mellom tenestene.

Skulegangen til barnevernsbarn

I 2016 blei det utarbeidd statistikk om skule- og utdanningssituasjonen til barn som har eller har hatt tiltak frå barnevernet. Tal frå SSB viser svake resultat i skulen for mange ungdommar som har eller har hatt tiltak frå barnevernet. Dei fullfører òg vidaregåande opplæring i mindre grad enn andre unge. Statistikken skal oppdaterast årleg. Barn og unge som ikkje lukkast i skule- og utdanningsløpet, har høg risiko for å bli marginaliserte i framtida. Bufdir og Utdanningsdirektoratet har sidan 2014 samarbeidd om å styrkje utdanningssituasjonen til desse barna. I 2016 var dei viktigaste tiltaka retta mot personell som arbeider direkte med barna, til dømes blei den digitale rettleiinga Samarbeid mellom skole og barnevern lansert i 2016. Bufdir har utarbeidd eit opplæringsprogram som har som føremål å styrkje måten tilsette i barnevernet og fosterforeldre følgjer opp skulegangen til barna på. Vidare er eit nytt hjelpetiltak, som vil gi ekstra støtte til skulesituasjonen til barnet, under utvikling.

Barn som av ulike grunnar må flytte i fosterheim eller institusjon, må nokre gonger flytte midt i skuleåret. Dette kan føre til at ungdommar ikkje kan halde fram på same vidaregåande skule. Kunnskapsdepartementet har endra regelverket for inntak til vidaregåande opplæring, slik at desse barna får rett til vidaregåande opplæring uavhengig av ordinære søknadsfristar. Endringane gjeld frå og med skuleåret 2017/2018.

Samarbeid mellom barnevernet og Nav

Bufdir og Arbeids- og velferdsdirektoratet har laga felles retningslinjer for samarbeid og ansvarsdeling mellom barnevernstenesta og Nav-kontoret i samsvar med Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven. Føremålet med retningslinjene er å medverke til betre koordinering og samordning av tenester overfor barn, ungdom og familiar som har behov for tiltak frå begge tenestene.

Opplysningsplikt

Hausten 2016 sende departementet forslag om å forenkle og klargjere dagens reglar om opplysingsplikt til barnevernstenesta ut på høyring. Eit av forslaga var å lovfeste opplysingsplikta for kommunen til barnevernstenesta ved tilbakehald av gravide rusmiddelavhengige. Målet er å gi betre vern av ufødd liv, ved at barnevernstenesta på eit tidleg tidspunkt får høve til å vurdere behovet for tiltak. Dette forslaget blei lagt fram i Prop. 73 L (2016–2017), og Stortinget slutta seg til forslaget ved handsaminga av lovproposisjonen. Forslag om å forenkle og klargjere dagens reglar om opplysingsplikt til barnevernstenesta er lagt fram i Prop. 169 L (2016–2017).

Vedtak nr. 666, 11. juni 2015

«Stortinget ber regjeringen vurdere om opplysningsplikten og taushetsplikten i tilstrekkelig grad åpner for nødvendig informasjonsinnhenting i saker etter § 4-4, eller om det bør gjøres endringer i lovverket, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 72 L (2014–2015) Endringer i barnevernloven (utvidet adgang til å pålegge hjelpetiltak), jf. Innst. 332 L (2014–2015).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp ved at regjeringa 1. september 2017 la fram for Stortinget Prop. 169 L (2016–2017) med forslag om å forenkle og klargjere dagens reglar om opplysingsplikt til barnevernstenesta.

Vedtak nr. 598, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag som klargjør og forenkler bestemmelsen om opplysningsplikt til barnevernet.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), jf. Innst. 247 S (2016–2017).

Oppmodingsvedtaket er følgt opp ved at regjeringa 1. september 2017 la fram for Stortinget Prop. 169 L (2016–2017) med forslag om å forenkle og klargjere dagens reglar om opplysingsplikt til barnevernstenesta.

Strategiar og tiltak for 2018

Betre samordning av helsetenester for barn og unge i barnevernet

I 2018 vil iverksetjinga av den særlege satsinga på helsetenester til barn i barnevernet halde fram. Målet er å styrkje samarbeidet mellom helsetenestene og barnevernet, slik at barn i barnevernet får naudsynte og forsvarlege helsetenester. I Prop. 73 L (2016–2017) om barnevernsreforma er det føreslått fleire tiltak for å styrkje tenestetilbodet. Hausten 2018 skal to regionar etablere kvar sin omsorgs- og behandlingsinstitusjon med eit særskilt tilrettelagt tilbod til barn med behov for langvarig omsorg utanfor heimen og samstundes stort behov for psykisk helsehjelp. Regjeringa føreslår totalt 40,7 mill. kroner til denne satsinga i 2018. Barnevernstenesta og helsetenesta vil samarbeide om innhaldet i institusjonane. Institusjonane skal regulerast i barnevernlova, på same måte som andre barnevernsinstitusjonar, der psykisk helsevern er forplikta til å yte helsehjelp i det omfanget og på den måten som er naudsynt for det einskilde barnet. Tiltaket vil medverke vesentleg til å løyse utfordringar med at spesialisert kompetanse frå helsepersonell i dag er lite tilgjengeleg for dei i barnevernsinstitusjonar med stort behov for psykisk helsehjelp.

Vidare skal dei ambulante barne- og ungdomspsykiatriske tenestene styrkjast. Dette skal mellom anna medverke til at barn i institusjonar skal få hjelp der dei bur.

Bufdir og Helsedirektoratet skal i 2018 implementere forpliktande samarbeidsavtalar mellom kommunalt og statleg barnevern og kommune- og spesialisthelsetenesta. Avtalane skal mellom anna medverke til at barn i barnevernsinstitusjonar får lett tilgjengeleg ambulant og poliklinisk psykisk helsehjelp. Vidare skal avtalane leggje til rette for at dei tilsette ved institusjonane skal få rettleiing.

Skulegangen til barn i barnevernet

Barn som får hjelp frå barnevernet, opplever store utfordringar knytte til skule og opplæring. Ny statistikk viser at dei i snitt oppnår langt lågare karakterar i grunnskulen enn andre på same alder, og at dei i lågare grad fullfører vidaregåande opplæring. Dette er alvorleg med tanke på at utdanning er ein av dei viktigaste faktorane som vernar mot utanforskap i vaksen alder. Bufdir og Utdanningsdirektoratet har sidan 2014 samarbeidd om å styrkje utdanningssituasjonen til desse barna, og ei rekkje tiltak er sette i verk. Direktorata skal i 2018 halde fram samarbeidet om å styrkje skulegangen til barn i barnevernet.

Barnevern og arbeid med innvandrarar, urfolk, nasjonale minoritetar og mindreårige asylsøkjarar og flyktningar

Det er ei utfordring at tiltaka i barnevernet ofte ikkje er tilstrekkeleg tilpassa barn og familiar med minoritetsbakgrunn. Vidare er det ei utfordring for barnevernet å byggje tillit i minoritetsbefolkninga i Noreg og å styrkje omdømmet til barnevernet. Bufdir har utvikla ein strategi og ein handlingsplan for å betre tilliten mellom barn og familiar med minoritetsbakgrunn og barnevernet. Handlingsplanen inneheld tiltak retta mot dei individuelle og kulturelle behova til barna, korleis foreldra utøver foreldrerolla, og arbeidet til barnevernet. Fleire av tiltaka er knytte til å auke medverknaden, styrkje kompetansen og utvikle kvalitet og openheit i arbeidet til barnevernet, inkludert systematisk og kunnskapsbasert informasjonsarbeid retta mot innvandrarbefolkninga. Tiltaka skal gjennomførast fram mot 2021.

Mange einslege, mindreårige asylsøkjarar hadde våren 2017 budd lenge i omsorgssentera grunna tidsavgrensa opphaldsløyve. Det var stor uro for den psykiske helsa til mange av dei einslege, mindreårige asylsøkjarane som følgje av at dei hadde ein krevjande og usikker livssituasjon. Regjeringa gav derfor støtte til Folkehelseinstituttet, slik at dei kunne prøve ut og evaluere ein metode for å redusere psykiske plager hos einslege, mindreårige, asylsøkjarar ved eit utval omsorgssenter. Prosjektperioden går ut i 2018.

Vedtak nr. 611, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen bidra til at det er flere med minoritetsbakgrunn og økt kompetanse på minoritetskulturer i barnevernet.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), jf. Innst. 247 S (2016–2017).

Det har dei siste åra vore ein auke i delen innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre blant tilsette i barnevernet. Regjeringa vidarefører støtta til vidareutdanninga Barnevern i eit minoritetsperspektiv, som inkluderer kompetanse om urfolk og nasjonale minoritetar. Bufdir har også fått i oppdrag å vurdere andre tiltak for å heve kompetansen i barnevernet om arbeid med innvandrarar, urfolk og nasjonale minoritetar. Direktoratet skal òg greie ut behovet for å etablere eit kompetansemiljø i samisk barnevern, som mellom anna kan ha som oppgåve å rettleie kommunale barnevernstenester.

Vidare er det sett i verk fleire forskingsprosjekt som tek føre seg barnevern og minoritetsfamiliar. Mellom anna har NTNU Samfunnsforskning i 2017 utarbeidd rapporten «Myter og realiteter – Innvandreres møter med barnevernet» på oppdrag frå Bufdir. Fleire andre forskingsprosjekt på feltet vil sluttførast i 2017. Forskingsprosjekta vil gi viktig kunnskap om korleis framtidige tiltak bør formast for å auke delen av tilsette med minoritetsbakgrunn og styrkje kompetansen om minoritetar i barnevernet.

Vedtak nr. 932, 14. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen opprette en sentral enhet med ansvar for oppfølging av mindreårige ofre for menneskehandel og veiledning til lokale barnevernskontor i saker hvor menneskehandel mistenkes.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om styrkt innsats mot at barn blir utnytta i menneskehandel, jf. Dokument 8:100 S(2016–2017) og Innst. 397 S (2016–2017).

Betre bistand og vern til offer for menneskehandel er i tråd med tilrådingane frå Europarådets overvakingsorgan (GRETA) og er også identifisert som behov i gjeldande forsking og i regjeringas handlingsplan mot menneskehandel. Justis- og beredskapsdepartementet har sett i gang eit arbeid med sikte på å komme fram til ei løysing som varetek eit heilskapleg og meir koordinert system for bistand og vern til offer for menneskehandel. Bufdir skal dessutan gjennomgå alle tiltak som er føreslått i nyare forsking om mindreårige offer for menneskehandel, og vurdere behovet for ei eining for rettleiing til barnevernstenesta. Departementet ventar på desse utgreiingane før regjeringa konkretiserer korleis rettleiinga best kan varetakast. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtaket.

Plikt for kommunen til å melde frå når gravide rusmiddelavhengige er haldne tilbake i rusinstitusjon

Ved handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) slutta Stortinget seg til forslaget om å gi kommunen plikt til å melde frå til barnevernstenesta om gravide rusmiddelavhengige som er haldne tilbake i rusinstitusjon, jf. Innst. 354 L (2016–2017). Endringane gjeld både helse- og omsorgstenestelova og barnevernlova. Målet er å gjere det mogleg for barnevernstenesta å tidleg kunne vurdere eigna tiltak for barnet. Departementet planlegg å setje lovendringane i kraft i 2018.

Vedtak nr. 745, 31. mai 2016

«Stortinget ber regjeringen vurdere om også pålagte tiltak kan settes inn uten samtykke under svangerskap for å sørge for tidlig hjelp og forebygge omsorgssvikt for nyfødte.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Meld. St. 17 (2015–2016) Trygghet og omsorg – fosterhjem til barns beste, jf. Innst. 318 S (2015–2016).

Ved handsaminga av Prop. 73 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven (barnevernsreform) slutta Stortinget seg til forslaget om å gi kommunen plikt til å gi opplysningar til barnevernet når gravide rusmiddelavhengige blir haldne tilbake i rusinstitusjon, jf. Innst. 354 L (2016–2017). I proposisjonen skriv departementet at det kan vere behov for ytterlegare utgreiing av ansvar og oppgåver barnevernet har i tilknyting til vern av det ufødde livet. Departementet vil sette i gang ei utgreiing som skal identifisere risikogrupper og vurdere kva slags tiltak barnevernet skal kunne setje i verk overfor gravide. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte om vidare oppfølging av vedtaket.

Betre samarbeid med politiet og betre oppfølging av barn som gjer kriminelle handlingar

Ved handsaminga av Prop. 106 L (2012–2013) Endringer i barnevernloven vedtok Stortinget endringar i barnevernlova § 3-5 som gir barnevernstenesta plikt til å halde jamleg kontakt med kriminalomsorga og barn i fengsel. Barnevernstenesta skal delta i planlegging og tilrettelegging av tiltak etter opphald i fengsel. Endringa inneber også at ungdom som fyller 18 år under soning, skal kunne få tiltak etter barnevernlova når dei blir sette fri. Føremålet er å sikre at barnevernstenesta tek sin del av ansvaret og hjelper ungdom etter fengselsopphald. Lovendringa vil tre i kraft 1. januar 2018.

Vedtak nr. 597, 25. april 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede hvordan det kan lovfestes at barnevern og politi skal samarbeide bedre, og hvilket ansvar og hvilke rutiner barnevernet skal følge ved mistanke om vold og overgrep.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av Prop. 12 S (2016–2017) Opptrappingsplan mot vold og overgrep (2017–2021), jf. Innst. 247 S (2016–2017).

Bufdir har fått i oppdrag å utarbeide retningslinjer om ansvaret barnevernet har for barn som gjer kriminelle handlingar. Saman med Politidirektoratet held Bufdir fram med å utarbeide retningslinjer for samarbeidet mellom politi og barnevern når det er mistanke om vald og seksuelle overgrep. Oppfølginga må sjåast i samanheng med den vidare vurderinga av forslag frå barnevernslovutvalet til ny barnevernslov. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtaket.

Delmål 5.3 Rettstryggleik for barn, unge og familiane deira

Resultatrapport 2016/2017

Barnevernslovutvalet

NOU 2016: 16 Ny barnevernslov – Sikring av barnets rett til omsorg og beskyttelse har vore ute på offentleg høyring. Departementet har i Prop. 169 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre) lagt fram nokre av forslaga frå utvalet. Dette er forslag som i særleg grad styrkjer rettstryggleiken for barna, og som barna har vore opptekne av. Målet om at barnevernet skal gi barna tryggleik, kjærleik og forståing, skal gå fram av lova. I tillegg føreslår departementet å gi barn rett til tiltak etter barnevernlova, å lovfeste at barnet har rett til å medverke i barnevernssaka, og å tydeleggjere ansvaret barnevernstenesta har for samarbeid med og oppfølging av barn og foreldre. Proposisjonen inneheld også forslag som skal gi betre sakshandsaming i barnevernstenesta og såleis auke rettstryggleiken for barn og foreldre. Dette gjeld mellom anna forslag om å forenkle og tydeleggjere opplysningsplikta til barnevernet og krav om at barnevernstenesta og fylkesnemnda skal grunngi avgjersler skriftleg.

God brukarmedverknad i barnevernet

Bufdir har sett i gang tiltak for å styrkje retten barn har til medverknad i barnevernet. Brukarundersøkinga til direktoratet viser at fleirtalet av barn og unge i statlege og private tiltak opplever reell medverknad i møte med dei som er tettast på dei i kvardagen. Bufdir har fått i oppdrag å utarbeide rutinar for at barn får medverke ved inntak til og opphald i institusjonar og statlege fosterheimar, sjå omtale under delmål 5.1.

Forslaget frå barnevernslovutvalet til ny barnevernslov inneheld forslag til endringar i reglane i barnevernlova om medverknad. I Prop. 169 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre) er det føreslått å lovfeste at barn har rett til å medverke i alle forhold som gjeld barnet etter barnevernlova. Det er også føreslått å lovfeste at det skal gå fram av vedtak gjorde av barnevernstenesta og fylkesnemnda kva barnet sjølv meiner, og korleis denne meininga er vektlagd. Vurderinga av det beste for barnet skal også gå fram av vedtaket. Arbeidet med å utarbeide retningslinjer til forskrift om medverknad og tillitsperson er utsett som følgje av arbeidet med å vurdere forslaget frå barnevernslovutvalet.

Retningslinjer for sakshandsaming i barnevernstenesta

Buffdir har revidert retningslinjene for sakshandsaming i barnevernstenesta. Dette vil bidra til å styrkje kunnskapen om god sakshandsaming og rettstryggleik i barnevernssaker. Retningslinjene tek føre seg dei ulike fasane i ei barnevernssak og gir oversikt over regelverket og viktige spørsmål barnevernstenesta møter i arbeidskvardagen. Brukarmedverknad er eit tema i retningslinjene.

Særdomstolsutvalet

Utvalet som mellom anna skulle greie ut oppretting av særdomstol i barne- og familiesaker, har levert NOU 2017: 8 Særdomstoler på nye områder?. Utvalet føreslår ikkje eigne særdomstolar for barne- og familiesaker, men føreslår at foreldretvistar etter barnelova og saker om tvang etter barnevernlova skal handsamast i nokre av tingrettane i fyrste instans. Utvalet føreslår dermed at fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker skal leggjast ned. Utgreiinga er send ut på høyring med frist 1. desember 2017. Departementet vil etter høyringa arbeide vidare med å vurdere forslaga frå utvalet i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Som ledd i oppfølginga av tilrådingane frå Riksrevisjonens undersøkelse av sakshandsamingstid og Oxford Research si evaluering av fylkesnemndene frå 2015 blei det arbeidd målretta for å få ned sakshandsamingstida ytterlegare. Det er sett i verk fleire tiltak for å få likare rutinar, organisering og oppgåveløysing. Resultat frå 2016 viser at sakshandsamingstida har gått ned med 15 dagar frå 2015, og forskjellar i sakshandsamingstid mellom nemndene har blitt jamna ut. Frå 2013 til 2016 er sakshandsamingstida redusert med 35 dagar, frå 97 til 62 dagar. Det betyr at ventetida for dei som skal ha saker handsama i fylkesnemndene, er vesentleg redusert.

Det blei òg sett i verk fleire prosjekt og oppgåver som er viktige for kvalitet og vidare utvikling av fylkesnemndene, og som i tillegg kan skape tillit både for involverte partar og omverda. Mellom anna er fleire anonymiserte vedtak lagde ut på Lovdata enn i 2015, noko som gir innblikk i arbeidet til nemndene og vedtaka som blir gjorde. Nemndene skal leggje til rette for medverknad frå barn og ungdom og har mellom anna hatt medverknad som tema på samlingar for tilsette. Barn skal ha høve til å medverke i eiga sak ved å bli høyrde i nemnda, anten via talsperson, ved samtale direkte med nemnda eller som part i eiga sak.

I 2016 blei det sett i gang eit forsøk med samtaleprosess i fem fylkesnemnder. Føremålet med samtaleprosess er å redusere konfliktnivået og å skape meir forståing mellom partane i ei barnevernssak, til det beste for barnet. I 2016 hadde forsøksnemndene 147 slike saker. Erfaringane så langt er at samtaleprosess kan vere veleigna i nokre saker, ved at det mellom anna kan føre til større semje mellom partane og meir ro rundt barnet.

Departementet planla å sjå på tidskravet for sakshandsamingstid i barnevernlova etter at særdomstolsutvalet hadde gitt innstillinga si i 2017. Med bakgrunn i konklusjonen til utvalet vurderer departementet no at det er føremålstenleg å vente med å sjå på tidskravet i lys av høyringa av NOU 2017: 8 Særdomstoler på nye områder? og den vidare oppfølginga.

Eit forskingsprosjekt er sett i gang for å få betre kunnskap om korleis saker som gjeld omsorgsovertakingar i familiar med rom- eller innvandrarbakgrunn, blir handsama i fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. Forskinga blir gjennomført av NOVA og skal etter framdriftsplanen sluttførast i løpet av 2017.

Sakkunnige i saker etter barnevernlova og barnelova

Departementet vidareførte støtta til drift av utdanningsprogrammet for barnefagleg sakkunnige i saker etter barnevernlova og barnelova i regi av Norsk Psykologforening. I 2016 byrja 20 personar på utdanninga. Utdanninga blei evaluert i 2016, og ein rapport med tilrådingar om tiltak blei lagd fram av Agenda Kaupang i mars 2017. Agenda Kaupang meiner at utdanningsprogrammet truleg styrkjer kompetansen til kandidatane om barnefagleg sakkunnig arbeid i samsvar med målet for utdanninga. Programmet kan likevel bli betre, og det bør stimulerast til auka rekruttering til utdanningsprogrammet. Departementet vurderer vidare oppfølging av tilrådingane frå evalueringa.

I 2016 blei det oppnemnt ny leiar og ny kommisjon for Barnesakkunnig kommisjon for perioden 1. september 2016 til 31. august 2020. I denne oppnemninga og i oppdraget til kommisjonen for 2017 har departementet teke med seg tilrådingane frå Agenda Kaupangs evaluering av kommisjonen frå 2015. Mellom anna gjeld dette at kommisjonen bør utvikle ei meir utettervend arbeidsform og styrkje den fleirkulturelle kompetansen sin.

Effektivt og målretta tilsyn

Eit godt tilsyn er viktig for å vareta rettstryggleiken til barn og familiar i barnevernet. Helsetilsynet og fylkesmennene arbeider for at tilsynet skal føre til betre tenester. I metodeutviklinga legg Helsetilsynet vekt på å leggje til rette for at tenestene må kontrollere og vurdere seg sjølve ved bruk av eigenrapportering. Dette har blitt teke godt imot av tenestene, og slik Helsetilsynet vurderer det, har det ført til ei ønskt spreiing av tilsyn. Helsetilsynet fekk i 2016 i oppdrag å samarbeide med brukarorganisasjonar for å prøve ut tiltak for å involvere brukarane i alle delar av tilsynsverksemda. Dette har mellom anna ført til at alle embete no alltid snakkar med barnet fyrst i eit tilsyn. Arbeidet med revisjon av tilsynsforskrifta er utsett som følgje av arbeidet med å vurdere forslaget frå barnevernslovutvalet til ny barnevernslov.

Barnevern over landegrensene

Haagkonvensjonen 1996 om samarbeid når det gjeld foreldremynde og tiltak for vern av barn tok til å gjelde i Noreg 1. juli 2016. Konvensjonen vil medverke til å førebyggje og løyse foreldretvistar og barnevernssaker når barn har tilknyting til fleire land. Bufdir er norsk sentralmyndigheit for konvensjonen. Bufdir skal samarbeide med sentralmyndigheitene i andre konvensjonsstatar, rettleie om konvensjonen og informere om lover og tenester. Sentralmyndigheita har også saker etter barnelova, men så langt utgjer internasjonale barnevernssaker størsteparten av sakene til sentralmyndigheita. Etter at konvensjonen tok til å gjelde, har sentralmyndigheita informert aktuelle styresmakter og barnevernstenestene i Noreg om konvensjonen og om varetakinga av barn over landegrensene, som konvensjonen opnar for. Sidan konvensjonen tok til å gjelde, har sentralmyndigheita teke imot om lag 140 oppmodingar om bistand. Mange av desse er oppmodingar om informasjon frå norske styresmakter. Av oppmodingane frå Noreg til utlandet har dei fleste vore bekymringsmeldingar.

Gjennomgang av barnevernssaker

Ved handsaminga av Prop. 38 L (2016–2017) har Stortinget vedteke Lov om informasjonstilgang mv. for Statens helsetilsyn ved gjennomgang av et utvalg barnevernssaker, jf. Innst. 201 L (2016–2017). Lova legg til rette for at Statens helsetilsyn kan innhente naudsynt informasjon ved gjennomgangen av eit utval akuttsaker og saker om omsorgsovertaking i barnevernet. Dette sikrar at Helsetilsynet får eit heilskapleg bilete av sakene, og at gjennomgangen blir utført på ein god måte. Lova tredde i kraft 24. mars 2017. Gjennomgangen skal etter planen vere ferdig hausten 2018.

Strategiar og tiltak for 2018

Barnevernslovutvalet

NOU 2016: 16 Ny barnevernslov – Sikring av barnets rett til omsorg og beskyttelse har vore ute på offentleg høyring. I resultatrapporten går det fram at departementet i Prop. 169 L (2016–2017) Endringer i barnevernloven mv. (bedre rettssikkerhet for barn og foreldre) la fram nokre av forslaga til utvalet. Departementet tek sikte på å utarbeide eit høyringsnotat med utgangspunkt i det heilskapelege forslaget frå barnevernslovutvalet.

Vedtak nr. 811, 8. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med gjennomgangen av barnevernloven vurdere begrensninger i, eller utsettelse av, pårørendes innsynsrett i journal og partenes innsynsrett i dokumenter i barnevernssaker når det er til barnets beste.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om tiltak for å hindre at teieplikt og regelverk står i vegen for eit godt tilbod til valds- og overgrepsutsette barn, jf. Dokument 8:52 S (2015–2016) og Innst. 337 S (2015–2016).

I NOU 2016: 16 om ny barnevernslov blir det føreslått ein ny regel om retten til dokumentinnsyn. Oppfølginga av oppmodingsvedtaket må sjåast i samanheng med vurderinga av forslaget frå barnevernslovutvalet. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte om vidare oppfølging av vedtaket.

Vedtak nr. 820, 8. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen vurdere tiltak for å hindre at man plasserer de som begår seksuelle overgrep og barn som er utsatt for seksuelle overgrep, på samme institusjon. I den forbindelse må man også gå gjennom regelverket for å sikre nødvendige hjemler som hindrer at barn begår nye overgrep mens de bor på institusjon.»

Vedtaket blei gjort i samband med handsaminga av eit representantforslag om behandling av barn og unge som utfører overgrep, jf. Dokument 8:55 S (2015–2016) og Innst. 349 S (2015–2016).

Bufetat har i dag rutinar for inntak som medverkar til at eining for inntak ikkje plasserer barn som har vore utsette for seksuelle overgrep i same institusjonseining som barn som har utført seksuelle overgrep. Bufetat har god erfaring med samarbeid med kommunalt barnevern i desse komplekse sakene.

Oppfølginga må sjåast i samanheng med vurderinga av forslaget frå barnevernslovutvalet om at heimlar for bruk av tvang i større grad skal følgje av lova, ikkje berre av forskrifter. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte om oppfølging av vedtaket.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Fagkunnig kompetanse av god kvalitet er avgjerande for kvaliteten i vedtaka fylkesnemndene gjer. Satsane for honorar for fagkunnige nemndsmedlemmer er vesentleg lågare enn satsen dei får for tilsvarande arbeid i rettssystemet. For å få fleire dyktige fagkunnige til å ta oppdrag i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker vil regjeringa auke satsen for honorar til fagkunnige. Vidare vil regjeringa auke satsen for honorar til talspersonen for barnet. Regjeringa føreslår totalt 6,7 mill. kroner til auka satsar til fagkunnige og talspersonar i 2018.

Enklare høve for barn til å setje fram klage etter barnevernlova

Etter oppdrag frå departementet har Statens helsetilsyn lagt fram forslag til tiltak som skal gjere det enklare for barn å setje fram klage til Fylkesmannen etter barnevernlova. Forslaga gjeld barn som søkjer om eller får tiltak frå barnevernet. Forslaga er mellom anna meinte å styrkje medverknaden for barna i klageprosessen og gjere informasjon om høvet til å klage betre tilgjengeleg for barn. Departementet vil vurdere korleis forslaga skal bli følgde opp.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

200 318

224 608

226 322

0,8

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

1 782 607

1 389 913

986 813

-29,0

855

Statleg forvalting av barnevernet

6 506 051

6 655 944

6 765 354

1,6

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

1 198 812

843 825

215 489

-74,5

858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

269 381

272 810

272 434

-0,1

Sum kategori 11.20

9 957 170

9 387 100

8 466 412

-9,8

Inntekter under programkategori 11.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

3853

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

657

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1 357 863

1 453 855

1 491 567

2,6

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

1 053 174

723 548

139 983

-80,7

3858

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

726

458

470

2,6

Sum kategori 11.20

2 412 420

2 177 861

1 632 020

-25,1

Utgifter under programkategori 11.20 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

01-23

Drift

7 854 762

7 855 848

7 137 897

-9,1

30-49

Nybygg og anlegg

9 820

7 639

-100,0

50-59

Overføringer til andre statsregnskaper

13 382

18 648

18 234

-2,2

60-69

Overføringer til kommunar

1 976 108

1 399 006

1 182 361

-15,5

70-98

Overføringer til private

103 101

105 959

127 920

20,7

Sum kategori 11.20

9 957 173

9 387 100

8 466 412

-9,8

Kap. 853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

190 498

216 969

226 322

45

Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

9 820

7 639

Sum kap. 0853

200 318

224 608

226 322

Ansvarsområdet til verksemda

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker er eit uavhengig, domstolsliknande forvaltingsorgan som er heimla i barnevernlova. Fylkesnemndene gjer vedtak i tvangssaker etter barnevernlova, inkludert pålegg om hjelpetiltak, omsorgsovertaking av barn og tvangsplassering av ungdommar. Etter helse- og omsorgstenestelova gjer fylkesnemndene tvangsvedtak for vaksne rusavhengige, tvangstiltak for gravide rusavhengige og tvang for personar med psykisk utviklingshemming. Vidare avgjer nemnda spørsmål om tvangsundersøking og tvangsisolering av personar med smittsame sjukdommar etter smittevernlova. Godt over 90 pst. av sakene i fylkesnemndene er saker etter barnevernlova.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga dekkjer mellom anna lønnsutgifter, saksutgifter, leige av lokale, kompetansetiltak, kjøp av varer og tenester og andre utgifter i dei tolv fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Løyvinga dekkjer òg utgifter til lønn og andre driftsutgifter i Sentraleininga for fylkesnemndene.

Satsane for honorar for fagkunnige nemndsmedlemmer er vesentleg lågare enn satsen dei får for tilsvarande arbeid i rettssystemet. Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 5,7 mill. kroner til auka satsar, for å få fleire dyktige fagkunnige til å ta oppdrag i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Departementet føreslår vidare å auke løyvinga på posten med 1 mill. kroner for å auke satsane for honorar til talspersonen for barnet.

Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 1,1 mill. kroner for å vedlikehalde og gjere naudsynte vidareutviklingar i sakshandsamingssystemet ProSak for fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker, jf. omtale under post 45.

Departementet føreslår ei løyving på 226,3 mill. kroner i 2018.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga på posten har blitt brukt til utvikling og implementering av sakshandsamingssystemet ProSak i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Departementet føreslår å redusere løyvinga med 7,8 mill. kroner frå posten i 2018 mot ein tilsvarande auke på post 01.

Departementet føreslår inga løyving på posten i 2018.

Kap. 3853 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Diverse inntekter

657

Sum kap. 3853

657

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

61 421

68 176

65 455

22

Barnesakkunnig kommisjon

7 150

7 847

8 019

50

Forsking og utvikling

13 382

18 648

18 234

60

Kommunalt barnevern

677 073

708 944

727 377

61

Utvikling i kommunane

8 894

10 339

20 108

62

Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 72

19 700

65

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

911 587

470 000

71

Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21

33 301

33 155

21 350

72

Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 21

69 800

72 804

106 570

Sum kap. 0854

1 782 607

1 389 913

986 813

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Posten dekkjer utviklingstiltak i barnevernet, til dømes implementering og evaluering av kunnskapsbaserte hjelpetiltak og metodar i barnevernet, kompetanseutvikling i kommunane, internasjonale forpliktingar, informasjonsarbeid, tilsynsopplæring, utgreiingar, evalueringar av prosjekt, innkjøp på forskingsfeltet og kostnader til konferansar. Løyvinga på posten blir òg nytta til refusjon av barnevernsutgifter på Svalbard, drift av Barnevernets tvisteløysingsnemnd og sekretariat for utval, tidsavgrensa prosjekt i departementet og tilskot til offentlege aktørar som blir involverte i kvalitetsutviklinga i barne- og ungdomsvernet.

Posten dekkjer også delar av kompetansesatsinga i det kommunale barnevernet. Posten blei styrkt med 19 mill. kroner til dette føremålet i 2017. Løyvinga skulle finansiere tilbod om opplæring i undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid, oppretting av tilbod om rettleiing til leiarar i barnevernstenestene, utvikling av fagleg rammeverk for eit kvalitetssystem i barnevernet og dialogmøte retta mot den politiske og administrative leiinga i kommunane. Heilårseffekten av tiltaka er 33 mill. kroner. For å samle midlane til opplæringstilbod i undersøkings- og hjelpetiltaksarbeid saman med andre kompetanseutviklingstiltak, er 22 mill. kroner flytta frå posten til post 72.

Departementet føreslår å auke posten med 7 mill. kroner til finansiering av ei halv prosjektstilling i kvart fylkesmannsembete, i samband med kompetansestrategien for det kommunale barnevernet. Heilårseffekten er 9,5 mill. kroner frå 2019. Stillingane skal nyttast til å koordinere kompetansestrategien opp mot kommunane, leggje til rette for samarbeid i kommunale læringsnettverk og forvalte midlar til utviklingsprosjekt i nettverka, jf. omtale under kap. 854, post 61.

Midlar til dei tverretatlege teama for unge lovbrytarar i ungdomseiningane til kriminalomsorga har vore løyvde over posten. Prøveprosjektet med ungdomseiningane i Bergen og på Eidsvoll har no gått over til ordinær drift. For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet derfor å flytte 1,8 mill. kroner frå kap. 854, post 21 til kap. 855, post 01.

Departementet føreslår å redusere løyvinga til skulegangen til barn i barnevernet frå 7,1 mill. kroner til 4,1 mill. kroner for å finansiere andre prioriterte tiltak på barnevernsområdet. Endringa vil medføre noko reduksjon i aktivitetar innanfor satsinga.

Departementet føreslår ei løyving på 65,5 mill. kroner i 2018.

Post 22 Barnesakkunnig kommisjon

Barnesakkunnig kommisjon skal ha kompetanse til og innsikt i å kvalitetssikre sakkunnige rapportar.

Løyvinga på posten skal dekkje drifta av Barnesakkunnig kommisjon. Kommisjonen skal kvalitetssikre rapportar som er gitt av sakkunnige i barnevernssaker, anten dei er bestilte av barnevernstenesta, fylkesnemnda, domstolane eller dei private partane.

Departementet føreslår ei løyving på 8 mill. kroner i 2018.

Post 50 Forsking og utvikling

Hovuddelen av løyvinga på posten blir nytta til programverksemda til Noregs forskingsråd, inkludert forskingsprogrammet Velferd, arbeidsliv og migrasjon (VAM). Denne delen av løyvinga skal dekkje forsking og utvikling knytt til barn og unge, og på barnevernsområdet. Noregs forskingsråd får òg ei løyving til arbeid med praksisretta forsking for helse- og velferdstenestene, som no inngår i programmet Effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL). Tenestene som inngår i programmet, er helse- og omsorgstenester, arbeids- og velferdstenester, barnevern og familievern. HELSEVEL skal gjennom forsking og innovasjon medverke til god kvalitet, kompetanse og effektivitet i desse tenestene.

Departementet føreslår å flytte 0,8 mill. kroner frå posten til kap. 285, post 55 på budsjettet til Kunnskapsdepartementet. For nærare omtale av den nye posten for verksemdskostnader i Forskingsrådet sjå Prop. 1 S (2017–2018) for Kunnskapsdepartementet.

Løyvinga dekkjer òg ei overføring til Sametinget til arbeidet med barnevern.

Departementet føreslår ei løyving på 18,2 mill. kroner i 2018.

Post 60 Kommunalt barnevern

Løyvinga går til øyremerkte stillingar i kommunalt barnevern som blei oppretta i perioden 2011–2017.

Mål og kriterium for måloppnåing

Løyvinga skal dekkje særskilde tilskot til i overkant av 980 stillingar i kommunane for å styrkje det kommunale barnevernet. Ordninga skal bidra til å betre den kommunale barnevernstenesta gjennom å vidareføre tilskotet til stillingar.

Kriterium for tildeling

Løyvinga blir fordelt av fylkesmannsembeta. Løyvinga går til vidareføring av stillingar som blei oppretta i perioden 2011–2017.

Oppfølging og kontroll

Ordninga blir forvalta av fylkesmannsembeta. Løyvingar og tilskot frå denne posten blir kontrollerte gjennom rapportering frå kommunane til fylkesmannsembeta om at midlane er nytta til styrking av årsverk. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2018

Departementet føreslår ei løyving på 727,4 mill. kroner i 2018. Dette inkluderer òg vidareføring av den særskilde løyvinga frå 2017 på 15 mill. kroner til barnevernet i Oslo kommune.

Post 61 Utvikling i kommunane

Posten dekkjer tilskot til utviklingsprosjekt og andre tiltak i regi av kommunar og fylkesmannsembete. Midlane skal mellom anna nyttast til prosjekt og tiltak for å betre samarbeidet mellom dei ulike aktørane og utvikle tenestene i barne- og ungdomsvernet.

Støtte til utviklingsprosjekt i kommunale læringsnettverk

Mål og kriterium for måloppnåing

Ordninga er ein del av kompetansestrategien for det kommunale barnevernet. Midlane skal nyttast til å støtte utviklingsprosjekt i kommunale læringsnettverk på fylkesnivå. Kommunane skal samarbeide om tiltaks- og tenesteutvikling i barnevernet, med utgangspunkt i lokale behov.

Ordninga skal bidra til å styrkje tilbodet i kommunane om tenester og tiltak til utsette barn og familiar som treng særskild oppfølging. Ho skal òg bidra til at det blir oppretta fagfellesskapar på tvers av kommunane, slik at den einskilde kommunen lettare kan få tilgang til rettleiing i arbeid med krevjande saker.

Kriterium for tildeling

Midlane skal brukast til utviklingsprosjekt som er bestemte av læringsnettverka, i samarbeid med fylkesmannsembeta. Prosjekta skal rettast mot teneste- og tiltaksutvikling i barnevernet. Arbeidet skal omfatte fleire kommunar og skje i samarbeid med forskings- og kompetansemiljø på barnevernsområdet. Reglar for tildeling vil gå fram av retningslinjene for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Fylkesmannsembeta vil forvalte ordninga og fordele midlane. Bruken av midlane blir kontrollert gjennom rapportering frå kommunane til fylkesmannsembeta og Bufdir. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2018

Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 9,5 mill. kroner i 2018 til ordninga med støtte til utviklingsprosjekt i kommunale læringsnettverk.

Løyvinga på posten dekkjer også Alarmtelefonen for barn og unge, som Kristiansand kommune er driftsansvarleg for.

Vidare dekkjer posten den statlege delen av prosjektet Tverretatlig akuttjeneste for barn og unge i Kristiansand kommune. 1,2 mill. kroner er sette av til dette føremålet.

Som vanleg vil ei av barnevernsvaktene vere arrangør av den årlege landskonferansen for barnevernsvakter og politi i 2018. Denne barnevernsvakta vil få midlar over denne posten.

Departementet føreslår ei løyving på 20,1 mill. kroner i 2018.

Post 62 (NY) Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning, kan nyttast under post 72

Tilskot til barnevernsfagleg vidareutdanning

Mål og kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga skal medverke til auka bruk av vidareutdanningstilbod for tilsette i barnevernet ved at arbeidsgivarar kan søkje om midlar til å dekkje vikarutgifter, reisekostnader, litteraturkjøp og liknande. Målet med vidareutdanningane er å styrkje kunnskapsnivået i tenestene og gi tilsette moglegheit til fordjuping innanfor prioriterte fagområde i barnevernet.

Kriteriet for måloppnåing er at kvalifiserte søkjarar får tildelt tilskot og gjennomfører vidareutdanning med oppstart hausten 2018.

Kriterium for tildeling

Kommunale arbeidsgivarar kan søkje om tilskot. For dei av vidareutdanningane som institusjonstilsette kan søkje opptak til, kan arbeidsgivarar for tilsette i statlege og private barnevernsinstitusjonar òg søkje tilskot. Kommunar vil bli prioriterte. Tildelinga blir på inntil 100 000 kroner per student. Tilskotet blir lågare for vidareutdanning med færre enn 30 studiepoeng.

Kva vidareutdanningar det kan søkjast om tilskot til, kan variere frå år til år. I 2018 kan det søkjast om tilskot til etablerte vidareutdanningar som blir prioritert, og til nye vidareutdanningstilbod som blir oppretta i 2018 som ledd i kompetansestrategien til regjeringa, jf. omtale under post 72.Reglar for tildeling vil gå fram av rundskrivet med regelverk for ordninga. Bufdir administrerer ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakaren skal rapportere til Bufdir om måloppnåinga. Tilskotsmottakaren skal fyrst dokumentere at medarbeidaren er teken opp ved ei relevant vidareutdanning, og etter eksamen dokumentere at denne utdanninga er gjennomført. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2018

Tilskotsordninga har tidlegare vore løyvd over post 71. Departementet føreslår å flytte 6,2 mill. kroner til posten frå post 71, fordi målgruppa for tilskotsordninga i hovudsak er kommunar. Departementet føreslår vidare å auke tilskotsordninga med 13,5 mill. kroner i 2018 i samband med kompetansestrategien for det kommunale barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 19,7 mill. kroner i 2018.

Post 65 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving

Ordninga med refusjon av kommunale utgifter til barnevernstiltak knytte til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar blei lagd om til ei ordning med fast tilskot frå 1. januar 2017. Løyvinga på posten er ført over til kap. 496, post 61 Særskilt tilskot ved busetjing av einslege mindreårige flyktningar på budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet. I 2017 kunne kommunane framleis søkje refusjon for utgifter som oppstod før 2017. Siste frist for å sende inn søknader om refusjon var 1. august 2017.

Departementet føreslår inga løyving på posten i 2018.

Post 71 Utvikling og opplysningsarbeid mv., kan nyttast under post 21

Løyvinga på posten dekkjer i hovudsak tilskotsordningane Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet og Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet.

Tilskot til drift av organisasjonar i barnevernet

Mål og kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga skal medverke til å utvikle barnevernet gjennom å stimulere brukar- og interesseorganisasjonar på feltet til å styrkje engasjementet sitt og å vise medansvar for utsette barn, unge og familiane deira.

For å få støtte må organisasjonen ha omfattande aktivitet som fremjar brukarmedverknad innan barnevernet. Organisasjonen skal ha innverknad på systemnivå, anten det gjeld i ulike råd og utval, høyringar, eller til dømes i utviklings- og kompetansehevande arbeid eller tenesteutvikling.

Kriterium for tildeling

Løyvinga blir fordelt av Bufdir. Organisasjonen skal vise til landsdekkjande aktivitet og drift i minimum to år. Brukarorganisasjonar skal vere representative for målgruppa si og kunne sannsynleggjere legitimiteten sin i eiga målgruppe.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarane sender kvart år inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Tilskot til utviklings- og samhandlingsprosjekt i barne- og ungdomsvernet

Mål og kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga skal bidra til å styrkje barnevernet ved at frivillige organisasjonar og andre verksemder kan jobbe med å førebyggje problemutvikling og å medverke til at utsette barn og unge får betre hjelp til å meistre liva sine og å utvikle evnene sine.

Søkjaren må gjere greie for korleis prosjektet medverkar i den samla utviklinga av eit betre barnevern, ved å utarbeide tydelege mål og indikatorar for måloppnåing for det einskilde prosjektet.

Tildelingskriterium

Bufdir forvaltar ordninga. Ordninga skal medverke til måloppnåing gjennom å støtte prosjekt som inneber:

  • kunnskapsutvikling og spreiing av informasjon,

  • utvikling og utprøving av modellar for betre samhandling mellom tenester eller

  • førebyggjande arbeid .

Oppfølging og kontroll

Bufdir skal sørgje for naudsynt kontroll med organisasjonar som får tilskot. Tilskotsmottakarane sender kvart år inn rekneskapar og rapportar som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2018

Dei to tilskotsordningane på posten blir vidareførte med ei løyving på til saman 21 mill. kroner i 2018. Eigenerfaringar frå barn og unge er viktig for kunnskapsbasert praksis. Innan ordningane er 2 mill. kroner sette av til Forandringsfabrikken. Posten dekkjer også den norske støtta til barneeininga i Austersjørådet (EGCC).

Løyvinga på posten har tidlegare gått til tiltak innan kompetanseutvikling i barnevernet. For å sikre korrekt postbruk og for å samle midlane til kompetanseutvikling, føreslår departementet å flytte høvesvis 6,2 mill. kroner til post 62 og 1,8 mill. kroner til post 72, jf. omtalar under desse postane.

Forsøksprosjektet med barnevern og psykisk helse Akutten i Nord-Trøndelag blir avslutta i 2017. Departementet føreslår at den statlege støtta til prosjektsamarbeidet i Barentsregionen og program for utsette barn og unge i Barentsregionen (CYAR) blir avslutta. Departementet føreslår derfor å redusere posten med til saman 2,7 mill. kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 21,4 mill. kroner i 2018.

Post 72 Tilskot til forsking og kompetanseutvikling i barnevernet, kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga på posten går til langsiktig utviklingsarbeid for å auke kompetansen og kunnskapsnivået i barnevernet i Noreg. Dette inkluderer tilskot til kompetansemiljø og midlar til vidareutdanningar.

Om lag 50 mill. kroner av løyvinga dekkjer ei vidareføring av tilskotet til NUBU (Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge, tidlegare Atferdssenteret). Senteret skal medverke til at barn og unge med alvorlege åtferdsvanskar, familiane deira og skular får hjelp som er forskingsbasert, relevant og individuelt tilpassa. NUBU har eit nasjonalt ansvar for forskings- og utviklingsarbeid, tenestestøtte og for å gjere kunnskapen tilgjengeleg for praksisfeltet. Målgruppene til senteret er både barnevernet og andre relevante tenester. Det skal utvikle, halde ved like og spreie kompetanse om førebygging og metodar for behandling. Tilskotet blir forvalta av Bufdir.

Løyvinga dekkjer òg tilskot til dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge (RKBU Nord, RKBU Vest og RKBU Midt) og driftstilskot til RBUP Aust og Sør. Kunnskapssentera skal utvikle, kvalitetssikre, forvalte og gjere tilgjengeleg vitskapleg, praksisnær og tverrfagleg kunnskap og kompetanse innan arbeidet med barnevern og psykisk helse hos barn og unge. Dei fire fagmiljøa blir også finansierte av Helse- og omsorgsdepartementet. Bufdir og Helsedirektoratet forvaltar midlane til dei fire fagmiljøa på vegne av dei to departementa.

Departementet føreslår å vidareføre finansieringa til tre vidareutdanningstilbod innan barnevern i 2018:

  • 4 mill. kroner til drift av Nasjonal vidareutdanning for leiarar i barnevernet, som RKBU Midt har hovudansvaret for

  • 2 mill. kroner til Nasjonal vidareutdanning i barnevernsfagleg rettleiing, som RKBU Nord har koordineringsansvar for

  • 1,4 mill. kroner i 2018 til drift av vidareutdanninga Barnevern i eit minoritetsperspektiv

Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 5 mill. kroner i samband med kompetansesatsinga i det kommunale barnevernet. Midlane skal nyttast til etablering og drift av nye vidareutdanningstilbod på 30 studiepoeng for tilsette i barnevernet. Det skal gjennomførast ein anbodskonkurranse for å avgjere kva lærestader som skal tilby utdanningane. Tilboda skal finnast ved fleire lærestader og setjast i verk frå hausten 2018. Heilårseffekten er 9 mill. kroner i 2019 og 8 mill. kroner dei påfølgjande åra.

Posten er føreslått auka med 22 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på post 21. Midlane nyttast til opplæringstilbod til tilsette, i samband med kompetansesatsinga for det kommunale barnevernet.

For å samle midlar til kompetanseutvikling i barnevernet er løyvinga på posten auka med 1,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på post 71. Flyttinga av midlar omfattar løyvinga til Norsk Psykologforening til sakkunnig opplæring og drift av vidareutdanninga Barnevern i eit minoritetsperspektiv.

Departementet føreslår å auke posten med 3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 846, post 71. Midlane skal framleis gå til mentorordninga Positive rollemodellar.

Departementet føreslår ei løyving på 106,6 mill. kroner i 2018.

Kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

3 677 545

4 401 311

3 765 556

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

20 895

23 100

23 605

22

Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

2 429 058

2 021 810

2 561 017

60

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak, kan nyttast under post 01

378 554

209 723

415 176

Sum kap. 0855

6 506 051

6 655 944

6 765 354

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60

Løyvinga på posten omfattar lønns- og pensjonsutgifter til tilsette i det statlege barnevernet, medrekna tilsette ved regionkontor, institusjonar og fosterheimstenester med meir. Andre vesentlege utgifter er utgifter til leige og drift av barnevernsinstitusjonar, utgifter til opplæring og utgifter til varer og tenester. I tillegg dekkjer løyvinga i nokon grad lønnsutgifter til tilsette i Bufdir og Bufetat senter for administrasjon og utvikling.

Barnevernsvedtak blir gjorde av kommunen eller Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker. Vedtaka styrer inntaket i statleg barnevern. Auken i talet på barn og unge som har behov for spesialiserte barnevernstenester, har over tid vore stor. Veksten har flata ut i løpet av 2016 og hittil i 2017. Bufetat er etter barnevernlova pålagd å gi desse barna eit tilbod. Departementet ventar at dei totale utgiftene i det statlege barnevernet i 2018 blir om lag som i 2017. Sidan Bufetat ikkje kan styre inntaket av barn og unge, er overslaga over utgiftene til det statlege barnevernet usikre.

Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 36,8 mill. kroner til etablering av to omsorgs- og behandlingsinstitusjonar for barn som har behov for psykisk helsehjelp samstundes som dei får langvarig og/eller spesialisert omsorg utanfor heimen. Føresetnadene for plassering etter barnevernlova skal vere oppfylte før plasseringa skjer. Institusjonane skal bidra til å løyse utfordringar knytte til at barn i barnevernet med behov for psykisk helsehjelp får den hjelpa dei treng, og både barnevernstenesta og helsetenesta skal ha ansvaret for innhaldet i institusjonane. Det er planlagt at institusjonane skal ha oppstart hausten 2018. På grunn av eingongs- og etableringsutgifter vil dei totale utgiftene i 2018 vere på nivå med heilårseffekten i dei påfølgjande åra. Fordelinga av utgifter mellom barnevern og helse, ved Helse- og omsorgsdepartementet, gjer at utgiftene frå 2019 blir 27,9 mill. kroner til dette føremålet på denne posten. Departementet viser også til omtale av satsinga i Prop. 1 S (2017–2018) til Helse- og omsorgsdepartementet.

Midlar til dei tverretatlege teama for unge lovbrytarar i ungdomseiningane til kriminalomsorga har vore løyvde over kap. 854, post 21. Prøveprosjektet med ungdomseiningane i Bergen og på Eidsvoll har no gått over til ordinær drift. For å sikre korrekt postbruk føreslår departementet derfor å auke posten med 1,8 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 854, post 21.

Departementet føreslår at § 3-5 andre ledd i barnevernlova skal tre i kraft frå 1. januar 2018, jf. omtale under strategiar og tiltak under delmål 5.2. Departementet legg til grunn at ein eventuell auke i statlege tiltak blir dekt innanfor det gjeldande budsjettet til Bufetat.

Løyvinga blei redusert med 1,8 mill. kroner i 2017 som følgje av at refusjonsordninga for utgifter til kommunale barnevernstiltak til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar frå 1. januar 2017 blei lagd om til ei tilskotsordning med faste satsar over budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet. Fram til 1. august 2017 kunne kommunane søkje refusjon frå Bufetat for utgifter som oppstod før 2017. Frå 2018 skal Bufetat ikkje handsame refusjonssøknader. Løyvinga blir derfor føreslått redusert med ytterlegare 1,8 mill. kroner i 2018.

Departementet føreslår å redusere løyvinga til rekruttering av fosterheimar frå 10 mill. kroner til 5 mill. kroner i 2018 for å finansiere andre prioriterte tiltak på barnevernsområdet. Endringa vil medføre noko reduksjon i aktivitetar innanfor satsinga.

Over fleire år har rekneskapen vist mindreutgifter på posten og tilsvarande meirutgifter på postane 22 og 60. Departementet legg til grunn at utgiftene vil fordele seg på same måte mellom postane i åra som kjem. Av omsyn til realistisk budsjettering blir posten derfor føreslått redusert med 700 mill. kroner i 2018 mot at post 22 og post 60 blir auka tilsvarande.

Departementet føreslår ei løyving på 3 765,6 mill. kroner i 2018.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten dekkjer i hovudsak utgifter til forsking, men òg utviklingstiltak for å styrkje kvaliteten i arbeidet til barnevernet, slik at brukarane får eit betre tilbod.

Departementet føreslår ei løyving på 23,6 mill. kroner i 2018.

Post 22 Kjøp av private barnevernstenester, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer kjøp av private barnevernstiltak. Basert på utviklinga i 2016 og 2017, er det venta uendra aktivitet i det statlege barnevernet i 2018.

Departementet føreslår å redusere løyvinga til kjøp av plassar i ideelle senter for foreldre og barn frå 27,6 mill. kroner til 22,6 mill. kroner i 2018, for å finansiere andre prioriterte tiltak på barnevernsområdet. Talet på kjøpte plassar i dei ideelle sentera for foreldre og barn vil som ein følgje av dette bli noko redusert i 2018 og vil bli om lag som i 2016.

Over fleire år har rekneskapen vist mindreutgifter på post 01 og tilsvarande meirutgifter på postane 22 og 60. Departementet legg til grunn at utgiftene vil fordele seg på same måte mellom postane i åra som kjem. Av omsyn til realistisk budsjettering blir posten derfor føreslått auka med 500 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 2 561 mill. kroner i 2018.

Post 60 Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak, kan nyttast under post 01

Posten dekkjer overføringar til kommunane for refusjon av utgifter til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak som overstig satsen for kommunale eigendelar. Refusjonane er regulerte i rundskriv om oppgåve- og ansvarsfordeling mellom kommunar og statlege barnevernsstyresmakter.

Over fleire år har rekneskapen vist mindreutgifter på post 01 og tilsvarande meirutgifter på postane 22 og 60. Departementet legg til grunn at utgiftene vil fordele seg på same måte mellom postane i åra som kjem. Av omsyn til realistisk budsjettering blir posten derfor føreslått auka med 200 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon av post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 415,2 mill. kroner i 2018.

Kap. 3855 Statleg forvalting av barnevernet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Diverse inntekter

13 492

15 160

15 569

02

Barnetrygd

2 702

3 959

3 959

60

Kommunale eigendelar

1 341 669

1 434 736

1 472 039

Sum kap. 3855

1 357 863

1 453 855

1 491 567

Post 01 Diverse inntekter

Størstedelen av inntektene på posten er eit resultat av at kommunen skal dekkje ekstrautgifter som gjeld den einskilde bebuaren ved plassering i statlege tiltak, når utgiftene ikkje er knytte til tiltak som er ein del av institusjonstilbodet. Dette er nærare spesifisert i rundskriv Q-06/2007. I tillegg blir tilfeldige inntekter rekneskapsførte på posten.

Departementet føreslår ei løyving på 15,6 mill. kroner i 2018.

Post 02 Barnetrygd

På posten er det budsjettert med barnetrygd for barn som barnevernet har omsorg for. Utgifter som motsvarer refusjonane, blir rekneskapsførte på kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet.

Departementet føreslår ei løyving på 4 mill. kroner i 2018.

Post 60 Kommunale eigendelar

På posten er det budsjettert med kommunale eigendelar i samband med opphald i barnevernsinstitusjon eller fosterheim eller ved tiltak i heimen. Departementet legg opp til å prisjustere eigendelane til kommunane frå inntil 68 740 kroner per barn per månad til inntil 70 320 kroner per barn per månad for opphald i institusjon og senter for foreldre og barn. For andre tiltak blir eigendelen prisjustert frå inntil 32 370 kroner per barn per månad til inntil 33 110 kroner per barn per månad. Kommunane i forsøket med auka kommunalt ansvar for barnevernet vil betale særskilt fastsette prisar for statlege tiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 1 472 mill. kroner i 2018. Det er i denne løyvinga inkludert heilårseffekten av auken i eigendel for opphald i institusjon for busette einslege, mindreårige flyktningar frå 2017, jf. omtale i Prop. 1 S (2016–2017).

Kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

1 198 812

843 825

215 489

Sum kap. 0856

1 198 812

843 825

215 489

Post 01 Driftsutgifter

Bufetat har eit lovfesta ansvar for å gi barn under 15 år som har komme til landet og søkt asyl utan foreldre eller andre med foreldreansvar, tilbod om opphald på eit omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar. Løyvinga dekkjer drift av statlege omsorgssenter og kjøp av plassar i private omsorgssenter. Posten dekkjer også ei rekkje forvaltingsoppgåver knytte til omsorgssentera, mellom anna arbeid med godkjenning av private senter, opplæring og oppfølging, arbeid med anskaffingar, administrasjon og arbeidet med busetjing av einslege mindreårige frå omsorgssentera.

Det er venta at det vil vere behov for i gjennomsnitt 90 plassar i omsorgssentera i 2018. Dette er ein reduksjon på 340 plassar frå saldert budsjett 2017. Departementet føreslår å redusere løyvinga med 631 mill. kroner som følgje av ein venta reduksjon i talet på plasser i omsorgssentera i 2018.

Departementet føreslår ei løyving på 215,5 mill. kroner i 2018.

Kap. 3856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Diverse inntekter

310

04

Refusjon av ODA-godkjende utgifter

1 052 864

723 548

139 983

Sum kap. 3856

1 053 174

723 548

139 983

Post 04 Refusjon av ODA-godkjende utgifter

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan ifølgje OECD/DACs (Development Assistance Centre) statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet føreslår at 140 mill. kroner av utgiftene på kap. 856, post 01 blir rapporterte inn som utviklingshjelp, jf. kap. 167 Flyktningtiltak i Norge, godkjent som utviklingshjelp (ODA), post 21 Spesielle driftsutgifter på budsjettet til Utanriksdepartementet. Det tilsvarande beløpet blir ført som inntekt på denne posten.

Løyvinga er i hovudsak redusert som følgje av ein reduksjon i talet på barn i omsorgssentera. Ifølgje OECD/DACs retningslinjer er det berre utgifter det fyrste året som kan ODA-godkjennast. Det er venta at delen barn i omsorgssenter med butid under eitt år vil vere om lag 90 pst. i 2018.

Departementet føreslår ei løyving på 140 mill. kroner i 2018.

Kap. 858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01

255 554

258 527

258 188

21

Spesielle driftsutgifter

13 827

14 283

14 246

Sum kap. 0858

269 381

272 810

272 434

Ansvarsområdet til verksemda

Bufdir skal fremje utvikling for barn, ungdom, vaksne og familiar og har ansvar for å gjennomføre politikken regjeringa har på området. Bufdir skal også vere ein god kunnskapsforvaltar og fagleg premissleverandør for følgjande fagområde:

  • barnevernet

  • familievernet

  • adopsjon

  • likestilling og ikkje-diskriminering

  • arbeidet mot vald og seksuelle overgrep

Bufdir er etatsstyrar for Bufetat. Hovudoppgåva til etaten er å gi hjelp, støtte og tiltak til barn, unge og familiar som treng det. Kvaliteten på tenestene Bufetat tilbyr, skal vere riktig og høg i heile landet.

Ansvarsområda for direktoratet omfattar òg tiltak under desse budsjettkapitla:

  • kap. 840 Tiltak mot vald og overgrep

  • kap. 841 Samliv og konfliktløysing

  • kap. 842 Familievern

  • kap. 843 Adopsjonsstønad

  • kap. 846 Familie- og oppveksttiltak

  • kap. 847 EUs ungdomsprogram

  • kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

  • kap. 855 Statleg forvalting av barnevernet

  • kap. 856 Barnevernets omsorgssenter for einslege, mindreårige asylsøkjarar

  • kap. 871 Likestilling og ikkje-diskriminering

  • kap. 872 Nedsett funksjonsevne

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 855 post 01

Løyvinga dekkjer lønnsutgifter og andre driftsutgifter i Bufdir. Dette inkluderer opplæring, leige og drift av lokale og kjøp av varer og tenester. Nokre av oppgåvene til direktoratet blir finansierte over andre kapittel, til dømes oppgåver knytte til styring av det statlege barnevernet og familievernet, som blir finansierte over høvesvis kap. 855 og kap. 842.

Bufdir skal nytte midlane på posten til å finansiere og bestille forsking og kunnskapsoppsummeringar. Direktoratet skal òg formidle kunnskap frå forsking og statistikk og utarbeide faglege dokument og tilrådingar til støtte for utøving av praksis i ulike delar av arbeidet til barnevernet.

Departementet føreslår å auke løyvinga på posten med 1,5 mill. kroner. Midlane skal nyttast til å styrkje Sentralmyndigheita for Haagkonvensjonen 1996 og til forvalting av SSBs statistikk om barnevernsinstitusjonar.

I 2017 blei det løyvd 4 mill. kroner til Bufdir som følgje av auken i talet på einslege, mindreårige asylsøkjarar til Noreg. Midlane var knytte til flyktningsituasjonen og var ikkje ein varig auke av driftsbudsjettet til Bufdir. Løyvinga på posten blir derfor redusert med 4,1 mill. kroner i 2018.

Departementet føreslår ei løyving på 258,2 mill. kroner i 2018.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga dekkjer utgifter til forsking og utviklingstiltak, inkludert vidare utvikling av IKT og digitalisering i Bufdir. Løyvinga dekkjer òg utbetalingar av godtgjersle til medlemmene i Fordelingsutvalet.

Posten har blitt nytta til å utvikle digital søknad for separasjon og skilsmisse. Utviklingsarbeidet er no avslutta. Departementet føreslår derfor å redusere posten med 350 000 kroner.

Departementet føreslår ei løyving på 14,2 mill. kroner i 2018.

Kap. 3858 Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Diverse inntekter

726

458

470

Sum kap. 3858

726

458

470

Post 01 Diverse inntekter

Inntektene skriv seg frå ulike prosjekt og tiltak og er knytte til eigendelar i samband med deltaking i Hva med oss? og inntekter i samband med andre samlivstiltak.

Departementet føreslår ei løyving på 470 000 kroner i 2018.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikk

Hovudinnhald og prioriteringar

Forbrukarpolitikken skal gi forbrukarane ei sterk stilling i møtet med næringsdrivande. Regjeringa arbeider for at forbrukarane i kjøpssituasjonar skal ta informerte val, kjenne rettane sine og kjenne framgangsmåten dersom dei er misnøgde med varer og tenester dei har kjøpt. Oppstår det tvistar mellom forbrukar og næringsdrivande, skal partane ha tilgang til eit effektivt system for å løyse desse på ein rimeleg og god måte.

Digital teknologi har i løpet av få år medverka til grunnleggjande endringar innanfor dei fleste samfunnsområde, òg i forbrukaråtferda. Smarttelefonen har blitt eit viktig digitalt verktøy som nesten alle nyttar dagleg. Den nesten grenselause tilgangen til digital informasjon, kommunikasjon og handel gir forbrukarane både nye moglegheiter og nye utfordringar.

På den eine sida kan forbrukarane raskt skaffe seg oversikt i marknadene. Dei kan òg enklare tilby eigne varer og tenester for sal eller utleige gjennom digitale plattformer i delingsøkonomien. På den andre sida må forbrukarane handtere stadig aukande mengder informasjon. Rolla som forbrukar er særleg krevjande der vilkåra for kjøp og bruk av tenestene er kompliserte og uklare. Forbrukarrettane blir òg utfordra på ein annan måte enn før når personopplysingar blir nytta som handelsvare mellom næringsdrivande utan at forbrukaren er klar over eller ønskjer det.

Forbrukarane må òg i aukande grad handtere digitale verktøy og digital kommunikasjon for å delta i etablerte marknader. Til dømes blir bustader omsette i eit høgt tempo med bodrundar på SMS. I kredittmarknaden er det eit stort tilbod av raske og dyre forbrukslån som ein kan få tilgang til med nokre få tastetrykk. Den teknologiske utviklinga stiller dermed store krav til digital kompetanse hos forbrukarane. Forbrukarpolitikken må sikre at forbrukarrettene er tilpassa den digitale kvardagen, og at det finst eit apparat som kan handheve reglane.

Regjeringa vil møte utviklinga med ein aktiv forbrukarpolitikk. Som grunnlag for dette vil regjeringa leggje fram ei melding for Stortinget der målet er å løfte politikkområdet, identifisere utfordringar og fremje tiltak som kan styrkje stillinga til forbrukarane. Forbrukaranes digitale kvardag og forbrukaranes stilling i bustadmarknaden og finansmarknaden er blant emna som skal omtalast. Regjeringa tek sikte på å leggje fram meldinga våren 2019.

Det som skjer i EU har mykje å seie for utforminga av regelverk som regulerer forholda for forbrukarane i Noreg. Deltaking i arbeidet til EU med å utforme forbrukarpolitikk og -regelverk er avgjerande for å sikre eit høgt og fullgodt forbrukarvern. BLD vil i 2018 halde fram med å engasjere seg i dette arbeidet.

Det er oppnådd politisk semje mellom EU-parlamentet og Rådet om ei ny forordning om forbrukarvernsamarbeid som venteleg blir formelt vedteken seint i 2017. Forordninga skal gi likare og meir effektiv handheving av forbrukarvernreglane og styrkje sanksjonane. Forordninga skal òg styrkje samarbeidet mellom europeiske tilsynsorgan. BLD vil i 2018 arbeide med å implementere forordninga i norsk rett.

Departementet tek i 2018 òg sikte på å gjennomføre EU-direktivet frå 2015 om pakkereiser og samansette reisearrangement i norsk rett. Direktivet inneheld mellom anna krav til informasjon og ei garantiordning for å verne forbrukaren dersom reisearrangøren går konkurs.

I dag kan personar ta opp svært mange forbrukskredittar og få gjeldsproblem, fordi kredittytarane ikkje har lov til å undersøkje kor mykje gjeld kundane har frå før. Stortinget slutta seg i juni 2017 til eit lovforslag frå regjeringa om at finansføretak kan dele informasjon om gjelda til kundane mellom seg og kredittopplysingsføretak. Med dette er det lagt grunnlag for at færre skal få alvorlege gjeldsproblem. Lova (gjeldsinformasjonslova) trer i kraft 1. november 2017. BLD vil medverke til at ordningane lova opnar for, kan komme raskt på plass.

I 2017 er det inngått ein bransjeavtale mellom BLD, andre aktuelle departement og matbransjen om å redusere matsvinnet i verdikjeda for mat. I tråd med berekraftsmåla til FN er det i avtalen fastsett eit mål om at matsvinnet nasjonalt skal reduserast med 50 prosent innan 2030. Gjennom bransjeavtalen vil BLD støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir medvitne om å redusere matsvinnet.

Eit sterkt og effektivt forbrukarapparat er ein viktig føresetnad for å møte utfordringane forbrukarpolitikken og forbrukarane står overfor. Frå 1. mai 2017 blei dei ti regionkontora til Forbrukarrådet grupperte om til tre større einingar i Tromsø, Stavanger og Skien. Endringa legg grunnlag for sterkare fagmiljø, høgare effektivitet og eit betre tilbod om mekling i tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande. Frå 1. januar 2018 vil Forbrukarombodet endre namn til Forbrukartilsynet og få vedtakskompetanse i alle saker. Dette vil klargjere rolla ombodet har som tilsynsorgan, og styrkje forbrukarvernet. Marknadsrådet vil samstundes få ei ny rolle som klageinstans.

Programkategori 11.30 Forbrukarpolitikk inneheld løyvingar til Forbrukarrådet, Forbrukarombodet (Forbrukartilsynet frå 1. januar 2018), Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet, Stiftinga Miljømerking i Noreg, forbrukarpolitiske tiltak, forbruksforsking og deltaking i EUs rammeprogram om forbrukarpolitikk.

Mål

For 2018 gjeld desse måla:

Hovudmål

Delmål

6: Ei sterk stilling for forbrukarane

6.1: Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane

6.2: God og effektiv løysing av forbrukartvistar

6.3: Informerte, ansvarlege og miljømedvitne forbrukarar

Delmål 6.1 Gode rammevilkår og rettar for forbrukarane

Under dette delmålet blir relevant lovarbeid i BLD og andre tiltak som skal ta vare på og styrkje rettane og vilkåra til forbrukarane, omtalte.

Prioritert under dette delmålet i 2018 er medverknad i og oppfølging av aktuelle prosessar om nytt EU-regelverk som legg føringar for det norske regelverket om forbrukarvern.

Resultatrapport 2016/2017

Regelverksarbeid

EU-kommisjonen la i mai 2016 fram forslag til ei ny forordning om forbrukarvernsamarbeid (forordning 2006/2004/EF). Forordninga, som regulerer samarbeidet mellom europeiske tilsynsorgan, skal gi likare og meir effektiv handheving av forbrukarvernreglane og styrkje sanksjonsmoglegheitene til organa. BLD sende forslaget på høyring i juni 2016. På grunnlag av innspel i høyringa, utarbeidde EFTA/EØS-landa eit felles innspel som blei sendt til sentrale EU-organ. For å fremje norske interesser følgde BLD òg handsaminga av saka i Rådet og EU-parlamentet og hadde møte med sentrale aktørar.

Som ein del av strategien for å skape ein digital indre marknad (Digital Single Market-strategien) la EU-kommisjonen i 2015 fram forslag til to nye direktiv om forbrukarrettar. Det eine gjeld avtalar om digitale ytingar, det andre sal av fysiske varer ved fjernsal eller netthandel. BLD følgde i 2016 desse forslaga opp saman med Justis- og beredskapsdepartementet (JD). Det blei halde innspelsmøte, og JD sende forslaga på høyring for å få synspunkt til eit felles innspel frå EØS/EFTA-landa. Innspelet blei sendt til EU-institusjonane i desember 2016.

Etter ein høyringsrunde hausten 2016 la regjeringa i april 2017 fram eit lovforslag for Stortinget om å endre handhevingsreglane i marknadsføringslova (Prop. 93 L (2016–2017) Endringer i markedsføringsloven og angrerettloven(håndhevingsreglene)). Det blei mellom anna føreslått at Forbrukarombodet skal kunne gjere vedtak i alle saker, at Marknadsrådet skal få ei ny rolle som klageinstans, og at Forbrukarombodet skal endre namn til Forbrukartilsynet. Stortinget slutta seg til forslaga 16. juni 2017. Lovendringane, som trer i kraft 1. januar 2018, vil klargjere rolla Forbrukarombodet har som tilsynsorgan, og styrkje forbrukarvernet.

Evalueringar har vist at telefonmarknadsføring gir opphav til mykje misnøye blant forbrukarane. Regjeringa la derfor hausten 2016 fram Prop. 43 L (2016–2017) Endringer i markedsføringsloven (telefonmarkedsføring mv.). Regjeringa føreslo mellom anna å oppheve unntaket som gir næringsdrivande lov til å rette telefonmarknadsføring mot eksisterande kundar som har reservert seg mot slik marknadsføring, og eit forbod mot at næringsdrivande kan innhente oppmodingar til telefonmarknadsføring på vegner av fleire næringsdrivande samstundes, til dømes via undersøkingar og konkurransar på internett. Stortinget slutta seg 22. mai 2017 til dei fleste forslaga. Stortinget valde å ikkje oppheve unntaket som gir næringsdrivande lov til å rette telefonmarknadsføring mot eksisterande kundar som har reservert seg. Under stortingshandsaminga blei også høvet frivillige organisasjonar har til å ta telefonisk kontakt med eksisterande givarar, utvida. Lovendringane, som trer i kraft 1. januar 2018, vil samla føre til eit betre forbrukarvern mot telefonmarknadsføring.

Regjeringa er oppteken av å førebyggje alvorlege gjeldsproblem. Våren 2017 blei Prop. 87 L (2016–2017) Lov om gjeldsinformasjon ved kredittvurdering av privatpersoner (gjeldsinformasjonsloven) lagd fram. I proposisjonen blei det opna for ei bransjedriven ordning der finansføretak kan dele informasjon mellom seg om gjelda kundane har. Det blei òg opna for at informasjon om gjeld skal kunne delast med kredittopplysingsføretak. Forslaga blei vedtekne av Stortinget 16. juni 2017, og lova vil gjelde frå 1. november 2017. Ordningane den nye lova opnar for, vil medverke til å førebyggje gjeldsproblem i private hushald gjennom at grunnlaget for kredittvurderingar blir betre.

Den omfattande og pågåande marknadsføringa av kreditt kan vere ei viktig årsak til at mange hushald tek opp for mykje forbrukskreditt. I samråd med Justis- og beredskapsdepartementet fekk BLD i 2016 greidd ut ulike tiltak for å dempe slik marknadsføring. Regjeringa fastsette i april 2017 ei ny forskrift (forskrift om markedsføring av kreditt) der det mellom anna blei forbode å framheve kor raskt eller enkelt det er å få kreditt. Forskrifta tok til å gjelde 1. juli 2017.

Forbrukardeltaking i standardiseringsarbeid

Forbrukarpåverknad i nasjonalt og internasjonalt standardiseringsarbeid er eit langsiktig arbeid som krev kontinuitet. Samarbeidet mellom BLD, Forbrukarrådet og Standard Norge om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat i Standard Norge blei derfor vidareført i 2016 og 2017. BLD gav i 2016 òg tilskot til reisestønad til forbrukarrepresentantar i ulike standardiseringsprosjekt.

Fagrådet hadde i 2016 god dialog med forbrukarrepresentantar med erfaring frå standardiseringsarbeid. Prioriterte område var universell utforming (UU), miljø- og samfunnsansvar, IKT og tryggleik, tenester og handel, bustad, informasjon og merking.

Forbrukarsekretariatet deltok i 2016 i Den internasjonale standardiseringsorganisasjonens forbrukarpolitiske komité (ISO/COPOLCO). Sekretariatet har knytt til seg eit nettverk av aktørar med interesse for forbrukaromsyn. Sekretariatet gav òg opplæring og rettleiing til deltakarar i standardiseringsarbeid.

Sekretariatet medverka i 2016 på frukostmøte i Standard Norge, både som medarrangør, bidragsytar og ved å rekruttere deltakarar og innleiarar. Aktuelle tema var mellom anna skytenester, digital sårbarheit og grønt skifte. Det blei i 2016 òg utforma nettbasert informasjon om verdien av standardar på forbrukarområdet. Siktemålet var å rekruttere forbrukarrepresentantar til å ta del i utviklinga av standardar.

Talet på forbrukarrepresentantar i relevante standardiseringsprosjekt var i 2016 stabilt samanlikna med tidlegare år. Sidan standardiseringsprosjekt ofte er kompliserte og tidkrevjande, er det på kort sikt vanskeleg å måle effektane av deltakinga frå forbrukarsida.

Forskings- og utgreiingsarbeid

Forbruksforskingsinstituttet SIFO har i mange år vore ein sentral leverandør av kunnskap på forbrukarområdet. Innlemminga av SIFO i Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) frå 1. januar 2016 var ledd i ein strategi for å sikre og vidareutvikle eit godt fagmiljø for forbruksforsking.

SIFO-surveyen, som mellom anna kartlegg kva haldningar og kunnskapar forbrukarane har om ulike tema, blei vidareført i 2016. Referansebudsjettet, som mellom anna blir brukt til å fastsetje bidragssatsar, blei vidareutvikla med store endringar i varesamansetjinga budsjettet byggjer på. Dette blei gjort for at budsjettet skal vere i tråd med utviklinga for forbrukarane.

SIFO la òg fram forslag til eit forbrukarbasert mål på fattigdom. For å få meir kunnskap om den digitale kvardagen til forbrukarane gjennomførte instituttet studiar av korleis smarttelefonen verkar inn på forbrukarrolla, og korleis brukarevalueringar og andre former for tillitsmekanismar verkar på og speler inn i nettøkonomien. Instituttet kartla òg korleis forbrukarane oppfattar innhaldsmarknadsføring. Forskingsresultata formidla instituttet gjennom populærvitskaplege artiklar og ved å delta på og arrangere seminar og konferansar om ulike forskingstema.

BLD gav i 2016 Forbrukarrådet i oppdrag å undersøkje avtalevilkåra for tenester og produkt innanfor «tingas internett». Omgrepet «tingas internett» viser til ei utvikling der stadig fleire produkt blir knytte til internett. Forbrukarrådet undersøkte to produktgrupper av denne typen: treningsarmband og leiker. Funna fekk stor merksemd både i Noreg og internasjonalt. Undersøkingane førte til at fleire produsentar blei klaga inn for Datatilsynet og/eller Forbrukarombodet for brot på høvesvis reglane for personvern og avtalevilkåra. Funna til Forbrukarrådet er følgde opp av forbrukarorganisasjonar i ei rekkje land.

BLD gav i 2016 Forbrukarombodet i oppdrag å sjå på nye marknadsførings- og salsmetodar i redaksjonelle og sosiale medium og på nye tenester innanfor delingsøkonomien. Som ein del av dette gjennomførte Forbrukarombodet ein tilsynsaksjon for å motverke villeiande brukaromtalar på kommersielle nettstader og oppdaterte og promoterte ei rettleiing om slike omtalar. Ombodet gjekk vidare gjennom innlegg på sosiale medium for å sjå etter brot på reglane for reklame. Gjennomgangen blei brukt som grunnlag for å oppdatere ei rettleiing om reklame i sosiale medium. Forbrukarombodet såg òg nærare på grensene mellom redaksjonelt stoff og reklame ut frå marknadsføringslova og gjennomførte rettleiing og dialog med mange medieorganisasjonar om dette.

Oppdraga til Forbrukarrådet og Forbrukarombodet er ein del av satsinga til regjeringa for å betre den digitale kvardagen til forbrukarane. Funna og aktivitetane hittil er relevante for denne satsinga. Dei har både kasta ljos over generelle utfordringar og påverka praksisen til næringsaktørar.

Strategiar og tiltak for 2018

Regelverksarbeid

Det som skjer i EU har mykje å seie for utforminga av det norske regelverket på forbrukarområdet. Deltaking i arbeidet til EU med å utforme forbrukarpolitikk og -regelverk er derfor avgjerande for å sikre eit fullgodt forbrukarvern.

EU-kommisjonen la i 2015 fram forslag til to nye direktiv om forbrukarrettar. Det eine gjeld rettane ved avtalar om digitale ytingar, det andre rettane ved sal av fysiske varer ved fjernsal eller netthandel. Direktiva blir truleg vedtekne i 2018. For å sikre at nivået på forbrukarvernet i Noreg held seg høgt, vil det vere viktig å medverke i arbeidet med den endelege utforminga av direktivet om sal av fysiske varer ved fjernsal eller netthandel. Innhaldet i direktivet kan mellom anna bli avgjerande for kor lenge seljarar vil vere ansvarlege for feil og manglar.

EU er i gang med ein samla gjennomgang av fleire sentrale forbrukardirektiv, «REFIT» (Regulatory Fitness and Performance programme), for å undersøkje om desse tener føremålet, eller om det trengst endringar. Gjennomgangen gjeld mellom anna reglane om marknadsføring, prisinformasjon, forbrukarkjøp og angrerett ved fjernsal og sal utanfor fast utsalsstad. Forslaga til endringar blir venteleg lagde fram mot slutten av 2017 og tidleg i 2018. BLD vil sende forslaga ut på høyring, utarbeide ein norsk posisjon og vurdere ein felles posisjon for EFTA/EØS-landa til det som blir føreslått. Dette vil vere grunnlaget for å påverke det vidare arbeid med forslaga i EU.

Det er oppnådd politisk semje mellom EU-parlamentet og Rådet om ei ny forordning om forbrukarvernsamarbeid som venteleg blir formelt vedteken seint i 2017. Forordninga skal gi likare og meir effektiv handheving av forbrukarvernreglane og styrkje sanksjonane. Forordninga skal òg styrkje samarbeidet mellom europeiske tilsynsorgan. BLD vil i 2018 arbeide med å implementere forordninga i norsk rett.

Stortinget vedtok 16. juni 2017 gjeldsinformasjonslova, som opnar for at finansføretak kan dele informasjon om gjelda kundane har, mellom seg og med kredittopplysingsføretak. Med grunnlag i den nye lova vil BLD i 2018 truleg få til handsaming éin eller fleire søknader om konsesjon til å opprette føretak som skal drive med gjeldsinformasjon. Det kan òg bli aktuelt med anna oppfølgingsarbeid, som spørsmål om lovtolking.

Gjeldsordningslova blei i 2014 endra slik at personar busette utanfor Noreg skal kunne søkje om gjeldsordning. Endringa tok til å gjelde 1. oktober 2017. For å dekkje behov for auka stillingsressursar ved Namsfuten i Oslo og Oslo byfutembete som følgjer av iverksetjinga, føreslår BLD å rammeoverføre 1,5 mill. kroner frå budsjettet til BLD til budsjettet til Justis- og beredskapsdepartementet kap. 410 post 01 og kap. 440 post 01 frå 2018.

Direktivet om pakkereiser og samansette reisearrangement (Direktiv 2015/2302/EU) blei vedteke i november 2015. Direktivet inneheld mellom anna krav til informasjon, ansvar for reisearrangøren og krav til ei reisegarantiordning for å verne forbrukaren dersom reisearrangøren går konkurs. Samla vil direktivet styrkje stillinga til forbrukarane. Som følgje av direktivet blir det naudsynt å gjere endringar i den norske pakkereiselova. BLD tek sikte på å gjennomføre direktivet i norsk rett i 2018.

Forbrukarrådet la i 2017 fram rapporten Eierskifteforsikring og boligkjøperforsikring – effektene for forbrukerne i bolighandelen. I rapporten peiker Forbrukarrådet på ulike problem ved kjøp og sal av bustader, mellom anna at bustadhandel skaper mange konfliktar, og at forbrukarane bruker mykje pengar på å forsikre seg mot problem som kan oppstå ved feil og manglar. Forbrukarrådet er særleg oppteke av at for få hentar inn ein god tilstandsrapport om bustadene. Forbrukarpolitisk er bustadområdet viktig, og BLD vil i 2018 ta del i ei arbeidsgruppe nedsett av Justis- og beredskapsdepartementet (JD), som skal sjå på aktuelle problemstillingar. JD skal etter planen leggje fram ein lovproposisjon om saka i 2018. Bustadomsetjing vil òg vere eit viktig emne i den planlagde meldinga til Stortinget om forbrukarpolitikken.

Vedtak nr. 786, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen evaluere ordningen med nasjonal gjeldsinformasjon og komme tilbake til Stortinget med en sak om dette senest to år etter at valgte system er opprettet.»

Vedtaket blei gjort etter handsaminga av Prop. 87 L (2016–2017) Lov om gjeldsinformasjon ved kredittvurdering av privatpersoner (gjeldsinformasjonsloven), jf. Innst. 356 L (2016–2017).

Forbruksforskingsinstituttet SIFO har fått i oppdrag å gjennomføre evalueringa. Etter at evalueringa er gjennomført, vil departementet orientere Stortinget på eigna måte.

Vedtak nr. 788, 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede og fremme et lovforslag som er innrettet mot en portalbasert tjeneste.»

Vedtaket blei gjort etter handsaminga av Prop. 87 L (2016–2017) Lov om gjeldsinformasjon ved kredittvurdering av privatpersoner (gjeldsinformasjonsloven), jf. Innst. 356 L (2016–2017).

I gjeldsinformasjonslova blir det opna for ei portalbasert teneste.

Forbrukardeltaking i standardiseringsarbeid

Stadig fleire produkt og tenester blir regulerte med standardar. Standardane blir utvikla i samarbeid mellom ulike marknadsaktørar, nasjonalt, eller ofte internasjonalt, på europeisk nivå eller gjennom Den internasjonale standardiseringsorganisasjonen (ISO). For å sikre gode og balanserte standardar er det viktig at representantar for forbrukarinteresser deltek i utviklinga.

BLD vil i 2018 vidareføre samarbeidet med Forbrukarrådet og Standard Norge om eit fagråd og eit forbrukarsekretariat i Standard Norge. Målet er at forbrukarinteressene skal gjere seg meir gjeldande mellom anna ved at fleire forbrukarrepresentantar deltek i aktuelle standardiseringsprosjekt.

Sentrale oppgåver for sekretariatet er å koordinere og formidle kunnskap om forbrukarinteresser som er viktige i standardisering. Sekretariatet har òg ei viktig oppgåve i å lære opp og rettleie deltakarar i standardiseringsarbeid. Forbrukarrepresentantar kan søkje om reisestønad for å delta i prioriterte prosjekt. Føremålet er å stimulere til auka forbrukarpåverknad i standardiseringa.

Forsking og utgreiingsarbeid

Forbrukarpolitikken skal vere basert på fakta og kunnskapar om situasjonen til forbrukarane. EU-kommisjonen gjennomfører jamleg undersøkingar og kartlegg forholda for forbrukarane innanfor heile den indre marknaden, noko som mellom anna gjer det mogleg å samanlikne ulike land. Noreg blir innlemma i desse undersøkingane gjennom rammeprogrammet for forbrukarpolitikk. Eit hovudinntrykk er at norske forbrukarar skårar relativt høgt på kompetanse, tillit og sjølvtillit, og at dei ligg langt framme i bruken av digitale verktøy. Undersøkingane tyder òg på at norske forbrukarar ikkje alltid er like prismedvitne som forbrukarar i andre land.

Ei anna kjelde til kunnskap er den årlege rapporteringa frå det norske forbrukarapparatet, medrekna statistikken over klager og tvistar, som Forbrukarrådet utarbeider. Midla departementet nyttar til forbruksforsking, skal gi utfyllande dokumentasjon og medverke til å utvikle meir systematisk og generalisert kunnskap om prioriterte område.

I 2018 vil forskinga mellom anna bli retta inn mot utviklinga i økonomien og gjelda til hushalda og mot konsekvensane og utfordringane som følgjer av digitaliseringa av kvardagen til forbrukarane. Dette er tema som Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved Høgskulen i Oslo og Akershus har arbeidd med over tid, og dei vil få i oppdrag å vidareføre denne forskinga i 2018.

Digital teknologi har i løpet av få år medverka til grunnleggjande endringar innanfor alle delar av samfunnet, òg i forbrukaråtferda. Eit stort fleirtal av forbrukarane har alltid tilgang til internett. Søk etter informasjon, bestillingar, betalingar og mykje annan kommunikasjon skjer i aukande grad gjennom elektroniske verktøy og medium.

Eit klart utviklingstrekk er at stadig fleire produkt blir direkte kopla til internett. Dette kan gi fordelar, som at nettilkopla straummålarar gir kundane betre høve til å kontrollere straumforbruket. Samstundes kan forbrukar- og personvernet komme under press når tinga registrerer og utvekslar stadig meir informasjon om kva folk gjer. Kompleks teknologi, utilgjengelege avtalevilkår og uklare forretningsmodellar kan gjere det vanskeleg for forbrukarane å orientere seg og ta gode val.

Det er viktig at forbruksforskinga er med på å kartleggje både konsekvensar, moglegheiter og utfordringar som digitaliseringa medfører for forbrukarane og handlingsrommet deira. Forbruksforskingsinstituttet SIFO er derfor mellom anna gitt i oppgåve å undersøkje og omtale korleis eit utval norske kommersielle aktørar samlar inn og utnyttar digitaliserte kundedata.

Eit mål i forbrukarpolitikken er å sikre forbrukarane gode rettar på det digitale området. BLD ønskjer å løfte fram utfordringar knytte til avtalevilkår i digitale tenester, handsaming av personopplysingar og forbrukardata. Departementet vil samarbeide med Forbrukarrådet om eit prosjekt som analyserer vilkår og testar av eit utval produkt innanfor kategorien «tingas internett». Det er òg aktuelt med eit vidare samarbeid med Forbrukarombodet (frå 1. januar 2018 Forbrukartilsynet) for å få til betre og tydelegare avtalevilkår for digitale tenester.

Delmål 6.2 God og effektiv løysing av forbrukartvistar

Under dette delmålet ligg handsaminga av forbrukarklager i Forbrukarrådet, sakene som går til Forbrukarklageutvalet og Marknadsrådet, verksemda til Forbrukar Europa og andre tiltak, medrekna eventuelle lovtiltak, som skal gi forbrukarane tilgang til god og effektiv tvisteløysing.

Prioritert under dette delmålet i 2018 er styrking av handsamingskapasiteten for sakene som går til Forbrukarklageutvalet.

Resultatrapport 2016/2017

Ei sentral oppgåve for Forbrukarrådet er å hjelpe forbrukarar som opplever problem i samband med kjøp. Forbrukarrådet fekk i 2016 inn 9650 klagesaker om dette, ein auke på 12,5 prosent frå 2015. 93 prosent av sakene handla om kjøp av varer, handverkartenester og angrerett. Resten (7 prosent) var tvistar knytte til tenester som ikkje fell inn under forbrukarlovene eller ei klagenemnd, og som Forbrukarrådet starta å mekle frå 1. juli 2015.

Det har over fleire år vore ein klar auke i klagesakene til Forbrukarrådet. Auken kan ha samanheng med at meklingstilbodet til Forbrukarrådet er blitt meir kjent, og at det er blitt enklare å sende inn klager via nettsida forbrukerradet.no.

76 prosent av sakene knytte til varer, handverkartenester og angrerett blei løyste gjennom meklinga til Forbrukarrådet. Innanfor dei nye områda blei 65 prosent av sakene løyste. I snitt var handsamingstida på 64 dagar.

Forbrukarrådet gjennomførte i 2016 månadlege brukarundersøkingar av klagehandsaminga si. Undersøkingane viste at mange – både av klagarane og dei klagene retta seg mot – var tilfredse. På ein skala frå 0 til 5, der 0 var dårlegast, fekk Forbrukarrådet i snitt ein skår på 3,7.

På bakgrunn av omorganiseringsprosessen Forbrukarrådet har vore gjennom, er BLD nøgd med desse resultata, som er på nivå med dei frå 2015.

Dei fleste sakene om varer, handverkartenester og angrerett som Forbrukarrådet ikkje greier å løyse, blir sende vidare til Forbrukarklageutvalet (Forbrukartvistutvalet før 1. mars 2017). I 2016 fekk utvalet inn 2350 saker, mot 1811 i 2015. Auken i saksinngangen og restansar frå 2015 førte til at sakene i 2016 i snitt fekk ei handsamingstid på 186 dagar, mot 172 dagar i 2015. Utvalet handsama fleire saker i 2016 enn i 2015 (1802 mot 1431), hovudsakleg fordi færre saker til Marknadsrådet (sjå nedanfor) gjorde det mogleg å ha fleire utvalsmøte.

Regjeringa la i juni 2016 fram for Stortinget Prop. 145 L (2015–2016) Lov om Forbrukerklageutvalget (forbrukerklageloven). Lova blei vedteken av Stortinget 17. februar 2017, og tok til å gjelde 1. mars 2017. Frå same dato endra Forbrukartvistutvalet namn til Forbrukarklageutvalet. Fram til no har Forbrukarklageutvalet berre handsama tvistar mellom næringsdrivande og forbrukarar om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett. Etter den nye lova kan utvalet òg handsame prinsipielle saker som er mekla av Forbrukarrådet, og som fell utanfor det nemnde ordinære saksfeltet til utvalet. Lova stiller opp nokre minstekrav til sakshandsaminga hos Forbrukarklageutvalet. Mellom anna skal handsamingstida som hovudregel ikkje overstige 90 dagar. Saman med lov om godkjenning av klageorganer for forbrukersaker, som tok til å gjelde 1. juli i 2016, følgjer lova opp krav i EU-rettsaktene om klagehandsaming i forbrukarsaker. Samla inneber dette ei styrking av forbrukarvernet.

EU-rettsaktene om klagehandsaming i forbrukarsaker er tekne inn i EØS-avtalen med verknad frå sommaren 2017. Med dette har norske forbrukarar fått tilgang til klageorgan i alle EØS-landa. Frå 25. august 2017 fekk norske forbrukarar òg tilgang til den felleseuropeiske klageportalen for forbrukarsaker knytt til netthandel over landegrensene. Ved hjelp av denne portalen kan forbrukarane sende inn klager mot næringsdrivande som er etablerte i eit EØS-land. Portalen identifiserer organa som kan handsame klagene. Forbrukarane kan nytte norsk språk, som blir maskinomsett til aktuelle andre språk.

For å gjere det enklare å klage på kjøp over landegrensene i EU og EØS-området har EU-kommisjonen i samarbeid med nasjonale forbrukarorganisasjonar etablert eit nettverk av forbrukarkontor i dei fleste europeiske landa (European Consumer Centre Network). Kontoret i Noreg (Forbrukar Europa) registrerte 3556 førespurnader i 2016, ein auke på 22 prosent frå 2015. Av desse var 840 førespurnader frå forbrukarar som søkte informasjon. 2402 var frå forbrukarar som trong hjelp i samband med klage på næringsdrivande i ein annan EU-/EØS-stat. 314 var klagesaker delte med eit søsterkontor. Dei fleste førespurnadene kom frå nordmenn. Forbrukar Europa ser auken i førespurnader i samanheng med at netthandelen generelt aukar, og at norske forbrukarar er blant dei ivrigaste til å drive med slik handel. BLD er nøgd med at mange nyttar tilbodet. Forbrukar Europa er utnemnt som norsk kontaktpunkt for den europeiske klageportalen.

Marknadsrådet, som hovudsakleg handsamar saker om marknadsføring, fekk i 2016 inn berre tre saker til full handsaming, mot seks i 2015. Sakene hadde i snitt ei handsamingstid på 123 dagar, mot 88 i 2015. I tillegg fekk rådet i 2016 inn sytten saker om klager på at Forbrukarombodet ikkje hadde teke saker til handsaming, mot ni slike saker i 2015. Sakene til Marknadsrådet er ulike i innhald og omfang, og handsamingstida varierer derfor frå år til år. Talet på saker varierer òg, utan at det alltid verkar inn på handsamingstida.

Strategiar og tiltak for 2018

Det er eit sentralt mål for forbrukarpolitikken å gi forbrukarane tilgang til god og effektiv tvisteløysing utanfor domstolane. Tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande handlar ofte om små beløp, og domstolshandsaming vil derfor ofte vere for ressurskrevjande. Særleg vanskeleg og ressurskrevjande kan det vere å komme fram til ei løysing når kjøparen og seljaren held til i kvart sitt land.

Forbrukarrådet meklar i nær alle typar tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande som ikkje er omfatta av eit anna klageorgan. I 2018 ventar Forbrukarrådet å få inn minst 9000 saker til mekling. Forbrukarrådet reknar med å løyse dei fleste av desse. Etter lov om godkjenning av klageorganer for forbrukersaker skal handsamingstida for tvistesakene til Forbrukarrådet som hovudregel ikkje overstige 90 dagar.

Mange av sakene Forbrukarrådet ikkje klarer å løyse, vil bli sende vidare til Forbrukarklageutvalet, som hovudsakleg handsamar tvistar om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett mellom næringsdrivande og forbrukarar.

Det er ei stor utfordring at det i dei seinare åra har vore ein klar auke i talet på tvistesaker til Forbrukarrådet og Forbrukarklageutvalet. For å styrkje sakhandsamingskapasiteten til Forbrukarklageutvalet blir kap. 867, post 01 frå 2018 føreslått auka med 2 mill. kroner.

På den felleseuropeiske klageportalen kan forbrukarane nytte norsk språk. Omsetjinga av kommentarar og vedlegg er maskinbasert. BLD vil i 2018 arbeide for at kvaliteten på omsetjingane skal bli betre.

Det er venta at mange forbrukarar i 2018 vil kontakte Forbrukar Europa, det norske kontoret i nettverket av europeiske forbrukarkontor (European Consumer Centre Network), for å få hjelp eller rettleiing i samband med tvistar. Kontoret handsamar saker med opphav i andre land, og det er derfor vanskeleg å fastsetje resultatkrav for verksemda.

Delmål 6.3 Informerte, ansvarlege og miljømedvitne forbrukarar

Under dette delmålet blir det gjort greie for informasjons- og kunnskapstiltak som skal medverke til at forbrukarane kan ta informerte val. Delmålet omfattar arbeid med å forbetre dei elektroniske marknadsportalane Forbrukarrådet har etablert, og tiltak for å informere forbrukarane om rettane deira og kva konsekvensar produksjonen og bruken av ulike varer og tenester kan ha.

Prioritert under dette delmålet i 2018 er lansering av ein ny portal som skal informere forbrukarane om handverkartenester (Handverkarportalen).

Resultatrapport 2016/2017

Informasjon fremjar forbrukarmakt og gjer det mogleg for forbrukarane å ta medvitne val. Forbrukarrådet har ei viktig rolle i arbeidet med å gi forbrukarane informasjon dei kan nytte både før og etter kjøp.

Forbrukarrådet fekk i 2016 rundt 69 500 førespurnader via telefon, e-post og brev, ein nedgang frå rundt 85 000 i 2015. Nedgangen heng truleg saman med at Forbrukarrådet har satsa på å vidareutvikle nettstaden forbrukerradet.no, slik at det skal bli enklare for forbrukarane å finne fram til informasjon på eiga hand. Nettstaden forbrukerradet.no hadde i 2016 i snitt 56 550 unike brukarar kvar veke, mot 45 300 i 2015. I ei måling svarte 66 prosent at dei hadde kjennskap til nettsida, mot 68 prosent i 2015. BLD er nøgd med desse resultata. At mange nyttar eller kjenner nettsida, er ein viktig føresetnad for at Forbrukarrådet skal fylle rolla si.

Mange nytta òg sosiale medium og marknadsportalane Forbrukarrådet driftar, til å skaffe seg informasjon. I tillegg fekk mange informasjon gjennom omtale som Forbrukarrådet fekk av saker i radio, TV og aviser.

Digitale informasjonsløysingar

Marknadsportalane til Forbrukarrådet skal medverke til at forbrukarane får meir fullstendig og oppdatert informasjon om kva som er tilgjengeleg i ulike marknader. Prisoversiktene i portalane skal medverke til å styrkje konkurransen til fordel for forbrukarane.

Finansportalen (finansportalen.no) genererer marknadsoversikter for tenester innan bank, forsikring, investeringar og pengeoverføringar til utlandet. Portalen leverer òg data til eksterne digitale verktøy og samanlikningssider for finansielle tenester (distributørar). Under Finansportalen blei det tidleg i 2017 lansert ein ny modul (Pensjonsmodulen) som viser pensjonsprodukt med eigenskapar og prisar. Den nye modulen har gjort det enklare for forbrukarane å gjere samanlikningar og ta informerte val i marknaden for slike produkt. Ved hjelp av modulen kan forbrukarane samanlikne gebyra ulike pensjonsselskap tek for å ta vare på pensjonskapitalbevis. Medrekna inngang via distributørar hadde Finansportalen kvar veke i snitt 25 800 unike brukarar i 2016, ein nedgang på rundt 2,6 prosent frå 2015. Nedgangen kan ha samanheng med at ein distributør innførte betalingsmur. Portalen hadde i snitt 17 400 unike «direkte» brukarar kvar veke.

Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no) er ei elektronisk teneste som hovudsakleg gir informasjon om kva tannlegar tek betalt for ulike behandlingar. Portalen blei i 2016 utvikla med 20 prispakkar for kjeveortopedi. I snitt hadde portalen 5150 unike brukarar kvar veke, mot 4650 unike brukarar kvar veke i 2015. BLD er nøgd med denne utviklinga, som legg grunnlag for ein meir velfungerande marknad for tannhelsetenester.

Straumprisportalen (straumpris.no), som blei lansert i 2015, skal gjere det enklare å samanlikne prisane frå ulike straumleverandørar. Fordi portalen blei lagd om allereie i 2016, finst det ikkje sikre tal for brukarar gjennom året.

BLD har sidan 2016 samarbeidd med Kommunal- og moderniseringsdepartementet om ein ny marknadsportal for handverkartenester (Handverkarportalen). Forbrukarrådet har fått oppdraget med å utvikle og drifte portalen. Handverkarportalen skal bidra til større transparens og færre tvistar i marknaden for handverkartenester. Portalen skal òg motverke svart arbeid og fremje seriøsiteten i byggjebransjen. Portalen skal mellom anna gi brukarane gratis og enkel tilgang til standardkontraktar for handverkartenester. Handverkarportalen er ein del av oppfølginga av regjeringas Strategi mot arbeidslivskriminalitet frå 2015 og rapporten Enkelt å være seriøs frå byggjenæringa frå 2014. Ein fullstendig versjon av portalen vil bli lansert i 2018.

Forbrukarrådet lanserte 16. august 2017 den fyrste versjonen av nett-tenesta Sjekk dagligvarer. Denne gir forbrukarane tilgang på ein indeks over prisnivået i kvar einskild butikk knytt til dei store daglegvarekjedene i Noreg. Tenesta listar prisen sist veke på ei omfattande varekorg Forbrukarrådet har sett saman. Tiltaket skjer på oppdrag frå BLD og følgjer opp oppmodingsvedtaket til Stortinget om å opprette ein portal med informasjon til forbrukarane om daglegvarer (vedtak nr. 436, 3. mars 2015). Målet med portalen er å gjere det enklare for forbrukarane å ta informerte val og å stimulere konkurransen i daglegvaremarknaden. Forutan nett-tenesta består portalen av ein mobiltelefonapplikasjon, Peiling, som gjer det mogleg å søkje opp ei vare, skanne strekkoden og slik få fram informasjon om mellom anna næringsinnhald, allergen, økologi-, miljø- og kvalitetsaspekt. Applikasjonen gir òg informasjon om kvar ei vare er å få kjøpt. Peiling blei lagt ut i Apple App Store og Google Play i desember 2016. Forbrukarrådet vil framover vidareutvikle og forbetre dei to verktøya.

Undervising i forbrukaremne

BLD vidareførte i 2016 arbeidet for at barn og unge skal få god opplæring i forbrukaremne og bli i stand til å opptre som kompetente og medvitne forbrukarar. Samarbeidet med Høgskulen i Hedmark (HIH) om dette held fram. Høgskulen utførte praktiske oppgåver i samband med undervising i forbrukaremne, som til dømes seminar for lærarar og fagdagar for lærarstudentar, og utvikling og distribusjon av undervisingsmateriell. Hovudtemaet for fagdagane og seminara var opplæring i personleg økonomi. HIH leidde òg ei gruppe som gir departementet råd i arbeidet med forbrukarundervising.

BLD førte i 2016 òg vidare samarbeidet med Ungt Entreprenørskap om eit undervisingsopplegg som skal fremje forståing om berekraftig forbruk. Om lag 1500 elevar i seks ulike fylke deltok i opplegget.

Departementet har lenge arbeidd for å skape medvitne haldningar til reklame. Som ein del av dette blei i 2016 om lag 20 000 eksemplar av BLDs undervisingshefte om reklame distribuerte til skular over heile landet.

På oppfordring frå BLD etablerte Finans Norge i 2016 eit nettverk av private og offentlege aktørar som er opptekne av opplæring i personleg økonomi. Saman deler desse aktørane nyttige lærevertøy på nettsida Skolemeny (skolemeny.no).

Forbruk og miljø

Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) arbeider for ei meir miljøtilpassa produktutvikling og eit mindre miljøbelastande forbruk. Verkemidla er dei offisielle miljømerka den nordiske Svana og EU-miljømerket (EU Ecolabel). Miljømerking søkjer å auke talet på miljømerkte produkt i Noreg og informerer om at desse produkta er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Målet er å gjere det enklare for forbrukarane å ta miljøomsyn.

I 2016 var det ein solid auke i talet på svanemerkte produkt: frå 12 589 ved utgangen av 2015 til 15 339 ved utgangen av 2016. Arbeidet til Miljømerking har medverka til at fleire produkt blir produserte etter strenge miljøkrav. Det var til dømes ein stor auke i utvalet av svanemerkte tekstilar. I 2016 fekk Noreg òg sin første svanemerkte bilvaskehall. BLD er nøgd med ei utvikling der forbrukarane får større tilbod av miljøtilpassa produkt å velje blant.

Ei kjennskapsundersøking våren 2016 viste at 87 prosent av befolkninga kjende til Svana (mot 91 prosent i 2015). Den same undersøkinga viste at 23 prosent kjende til EU Ecolabel (mot 21 prosent i 2015). Utbreidd kjennskap til miljømerka kan tyde på at forbrukarane generelt veit at merka gir god rettleiing om kva som er miljøvennlege val.

EU-kommisjonen la i 2017 fram ein rapport om korleis EU Ecolabel fungerer. Rapporten er del av ein større gjennomgang for å forenkle og forbetre EU-regelverket (REFIT-programmet). EU-kommisjonen konkluderer med at EU-miljømerket er føremålstenleg, men føreslår nokre endringar for å gjere ordninga endå betre. Endringane omfattar mellom anna å slå saman nokre nært sambundne produktgrupper, medan produktgrupper med avgrensa gjennomslag i marknaden blir avvikla.

BLD støtta i 2016 organisasjonen Matvett AS, som har som føremål å redusere matsvinnet i samfunnet. Matvett er eigd og stifta av sentrale aktørar i matbransjen. BLD ønskjer å medverke til å redusere matsvinnet blant forbrukarane fordi ein stor del av matsvinnet kjem frå private hushald.

Matvett deltok i 2016 òg i arbeidet mot matsvinn ved å samle heile matbransjen og styresmaktene i ein felles avtale om reduksjon av matsvinn. Klima- og miljødepartementet leidde arbeidet med avtalen. I tillegg deltok BLD, Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruks- og matdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. I 2016 blei det semje om ein definisjon av matsvinn. Det blei òg utforma grunnlagsrapportar om statistikk og tiltak. Avtalen blei underskriven i juni 2017 og er ei oppfølging og konkretisering av ein intensjonsavtale frå mai 2015.

Vedtak nr. 890, 13. juni 2016

«Stortinget ber regjeringen utrede og vurdere å fremme forslag til lov om åpenhet om produksjonssteder og etikkinformasjon om vareproduksjon til forbrukere og organisasjoner.»

Vedtaket blei gjort på grunnlag av eit representantforslag om oppretting av lov om etikkinformasjon, jf. Dokument 8:58 S (2015–2016) og Innst. 384 S (2015–2016).

BLD gav advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiig i oppdrag å greie ut om nasjonalt regelverk eller Noregs internasjonale forpliktingar er til hinder for eller vil krevje bestemte tilpassingar i ei lov om etikkinformasjon. Utgreiinga, som var ferdig 1. juli 2017, konkluderer med at nasjonalt regelverk eller internasjonale forpliktingar ikkje er til hinder for ei lov om etikkinformasjon. Departementet vil nytte utgreiinga som grunnlag for det vidare arbeidet med oppfølginga av vedtaket. Stortinget vil på eigna måte bli orientert om arbeidet.

Strategiar og tiltak for 2018

Informasjon er eit av dei viktigaste verkemidla i forbrukarpolitikken. Skal marknadene fungere godt, er det avgjerande at forbrukarane har tilstrekkelege kunnskapar om vare- og tenestetilbodet og om rettane og pliktene sine. Forbrukarane bør vite nok til å kunne velje bort varer og tenester som ikkje samsvarer med forventingane eller preferansane deira, og kjenne til korleis dei skal gå fram når dei er misnøgde med kjøp. Informasjon som gir grunnlag for slike kunnskapar, kan fremje forbrukarmakt og kan gjennom tilpassingar på tilbydarsida resultere i betre produkt og vilkår.

Forbrukarrådet har ei viktig rolle i arbeidet med å informere om aktuelle forbrukarspørsmål og om gjeldande rett ved forbrukarkjøp. I 2018 ventar Forbrukarrådet å ha individuell kontakt med minst 50 000 forbrukarar via e-post, brev og telefon og kvar veke i snitt minst 45 000 unike brukarar av nettsida (forbrukerradet.no), 33 000 unike brukarar av Finansportalen (finansportalen.no), 6 300 unike brukarar av Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no) og 7 600 unike brukarar av Straumprisportalen (straumpris.no). I tillegg ventar Forbrukarrådet at mange vil nytte dei nye informasjonsløysingane for daglegvarer og handverkartenester, jf. omtale i resultatrapporten og nedanfor.

Digitale informasjonsløysingar

Informasjonsportalane til Forbrukarrådet inneheld informasjon som er relevant i ulike kjøpssituasjonar, og medverkar slik til å skape betre balanse mellom profesjonelle aktørar og den einskilde forbrukaren. At tenestene blir drivne i offentleg regi, inneber at dei er uavhengige av kommersielle interesser, og oppfyller grunnleggjande krav for slike tenester knytt til mellom anna nøytralitet, gjennomsiktigheit og fullstendig informasjon. Forbrukarrådet vil hausten 2017 samle alle portalane sine i ei felles løysning på heimesida si og slik gjere tenestene meir synlege for forbrukarane. I 2018 vil tenestene bli vidareutvikla og forbetra. Handverkarportalen, som Forbrukarrådet har fått oppdraget med å utvikle og drifte, vil òg bli lansert i ein fullstendig versjon.

Undervising i forbrukaremne

BLD arbeider for at barn og unge skal få god opplæring i forbrukaremne og bli i stand til å opptre som kompetente og medvitne forbrukarar. Forbrukaremna er tverrfaglege og omfattar personleg økonomi, berekraftig forbruk, forbrukarrettar, mediebruk og digital kompetanse.

Opplæringslova seier at elevane skal utvikle kunnskapar, dugleikar og haldningar for å kunne meistre liva sine og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. I Meld. St. 28 (2015–2016) Fag – Fordypning – Forståelse – En fornyelse av Kunnskapsløftet blir demokrati og medborgarskap, berekraftig utvikling og folkehelse og livsmeistring framheva som tre tverrfaglege emne som skal prioriterast i fornyinga av skulefag. Dei tre temaa blir òg framheva i forslaget til ny generell del av læreplanverket for grunnopplæringa. Temaet folkehelse og livsmeistring skal medverke til at elevane utviklar kompetanse som fremjar helse og set dei i stand til å handtere ulike utfordringar i livet, som til dømes mediebruk, forbruk og personleg økonomi. BLD vil vidareføre arbeidet med å heve kunnskapen og forståinga om desse emna.

I tråd med føremålsparagrafen i skulen skal elevane lære å tenkje kritisk og handle etisk og miljømedvite. I den overordna delen av læreplanverket blir dette utdjupa. Målet er at elevane skal forstå at handlingane og vala til den einskilde har betyding for å få til ei berekraftig utvikling. BLD vil vidareføre samarbeidet med organisasjonen Ungt Entreprenørskap om eit undervisingsopplegg som skal fremje forståing av berekraftig forbruk.

Departementet vil òg vidareføre samarbeidet med Høgskulen i Innlandet om oppgåver i samband med opplæring i forbrukaremne. Målgruppene for arbeidet er elevar, lærarstudentar og lærarar.

Barn og unge er utsette for eit sterkt kommersielt press. Med auka bruk av digitale medium følgjer eksponering for nye marknadsføringsmetodar. BLD arbeider for at skulen skal ha gode læreverktøy. Departementet vil derfor halde fram med å distribuere undervisingsheftet sitt om reklame. Målet er å utvikle reflekterte haldningar hos dei unge, slik at dei blir betre rusta til å stå imot mellom anna kjøpepress.

Forbruk og miljø

Regjeringa arbeider for at det skal vere enkelt for forbrukarar å gjere miljømedvitne val. Dei offisielle merkeordningane Svana og miljømerket til EU (EU Ecolabel) er viktige verktøy for dette. Den nordiske Svana og EU Ecolabel formidlar standardisert og kvalitetssikra informasjon om varer og tenester som er blant dei minst miljøskadelege på marknaden. Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) vil halde fram med å informere forbrukarar og profesjonelle innkjøparar om at miljømerkte produkt og tenester er enkle og trygge miljøval. Miljømerking skal arbeide for at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden framleis aukar.

Matsvinn er eit miljømessig, kostnadsmessig og etisk problem både i Noreg og internasjonalt. Sidan godt over halvparten av matsvinnet i Noreg kjem frå private hushald, er det viktig å støtte matsvinnarbeid som er retta mot korleis forbrukarane sjølve kan redusere sitt svinn. Samstundes blir resultata betre dersom alle ledda i verdikjeda for mat samarbeider om å redusere svinnet.

Bransjeavtalen mellom BLD, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og matbransjen om å redusere matsvinnet i heile verdikjeda for mat, gjeld frå juni 2017. Med utgangspunkt i FNs berekraftsmål 12.3 om matsvinn, som Noreg har forplikta seg til, er det i avtalen sett eit overordna mål om å redusere matsvinnet i Noreg med 50 prosent innan 2030. Gjennom bransjeavtalen vil BLD støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir medvitne om å redusere matsvinnet.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

860

Forbrukarrådet

155 183

157 778

160 586

1,8

862

Positiv miljømerking

7 352

10 058

10 330

2,7

865

Forbrukarpolitiske tiltak

19 121

18 749

19 197

2,4

867

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet

10 884

11 466

13 543

18,1

868

Forbrukartilsynet

25 020

27 045

27 225

0,7

Sum kategori 11.30

217 560

225 096

230 881

2,6

Inntekter under programkategori 11.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

3868

Forbrukartilsynet

958

Sum kategori 11.30

958

Utgifter under programkategori 11.30 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

01-23

Drift

48 915

40 660

42 964

5,7

50-59

Overføringer til andre statsregnskaper

155 183

167 030

170 041

1,8

70-98

Overføringer til private

13 461

17 406

17 876

2,7

Sum kategori 11.30

217 559

225 096

230 881

2,6

Kap. 860 Forbrukarrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

50

Basisløyving

129 193

131 758

133 997

51

Marknadsportalar

25 990

26 020

26 589

Sum kap. 0860

155 183

157 778

160 586

Status for verksemda

Forbrukarrådet er oppretta for å vareta interessene til forbrukarane. Som uavhengig interesseorgan skal Forbrukarrådet informere forbrukarane og påverke styresmakter, organisasjonar og næringsdrivande til å opptre forbrukarvennleg. I tillegg skal Forbrukarrådet hjelpe forbrukarar som har fått problem i samband med kjøp, og som til dømes treng hjelp med å fremje ei klage. Forbrukarrådet har òg fått ansvar for å drive ei nøytral meklingsteneste for forbrukarar og næringsdrivande i saker som ikkje er omfatta av andre klageorgan.

Forbrukarrådet er organisert som eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter til bruttoføring av inntekter og utgifter utanfor statsbudsjettet, med eigne vedtekter og eit styre.

Forbrukarrådet har nyleg vore gjennom ei omorganisering som blei avslutta 1. mai 2017. Dei tidlegare ti regionkontora til rådet er grupperte om til tre større einingar i Tromsø, Stavanger og Skien. Større einingar skal gi sterkare fagmiljø, høgare effektivitet og eit betre servicetilbod til forbrukarane. For å medverke til busetjing på Svalbard etablerte Forbrukarrådet frå august 2017 ei hospiteringsordning med tre–fem kontorplassar der. Forbrukarrådet har òg fått ei klarare intern arbeidsdeling ved at alt meklingsarbeid blir drive frå dei tre nye einingane, medan det interessepolitiske arbeidet og portalverksemda blir drivne frå hovudkontoret i Oslo.

Post 50 Basisløyving

Posten dekkjer lønnsutgifter, godtgjersle til styremedlemmene, utgifter til kontordrift, husleige og politiske aktivitetar i Forbrukarrådet. Vidare dekkjer posten utgifter til utgreiing av aktuelle problemstillingar som er viktige for forbrukarane, kampanjar og informasjonstiltak og kostnadene ved å bringe prinsipielle spørsmål om gjeldande forbrukarrett inn for domstolane. Forbrukarrådet gir tilskot over posten til drift av forbrukarsekretariatet i Standard Norge (omtalt under delmål 6.1).

Departementet føreslår ei samla løyving på 134 mill. kroner i 2018.

Post 51 Marknadsportalar

Posten dekkjer kostnadene til drift av og vanleg utvikling av Finansportalen (finansportalen.no), Straumprisportalen (straumpris.no), Tannhelseportalen (hvakostertannlegen.no) og dei nye informasjonsløysingane for daglegvarer og handverkartenester.

Departementet føreslår ei samla løyving på 26,6 mill. kroner i 2018.

Kap. 862 Positiv miljømerking

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

70

Driftstilskot til offentleg stifting for positiv miljømerking

7 352

10 058

10 330

Sum kap. 0862

7 352

10 058

10 330

Status for verksemda

Føremålet med miljømerking er å stimulere til meir miljøtilpassa produktutvikling og mindre miljøbelastande forbruk. Arbeidet går ut på å utvikle kriterium for miljømerking av varer og tenester, godkjenne produkt for lisensiering og rettleie forbrukarar og innkjøparar.

Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) er oppretta for å forvalte Svana, den fellesnordiske ordninga for frivillig positiv miljømerking av varer og tenester. Miljømerking er òg ansvarleg organ i Noreg for miljømerkeordninga til EU (EU Ecolabel).

Miljømerking blir leidd av eit styre der medlemmene er oppnemnde av BLD, Forbrukarrådet, miljøvernstyresmaktene, Næringslivets Hovedorganisasjon, Hovedorganisasjonen Virke, Landsorganisasjonen (LO), handelskjedene og miljøorganisasjonane.

Miljømerking fekk i 2016 om lag 7,4 mill. kroner i driftstilskot frå BLD. Av dette beløpet blei om lag 1,6 mill. kroner nytta til å dekkje kostnader som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU. I tillegg fekk Miljømerking nesten 1,2 mill. kroner i tilskot frå Miljødirektoratet. Dei samla driftsinntektene var på om lag 29,5 mill. kroner. Hovuddelen av inntektene var knytte til lisensiering av Svana.

Post 70 Driftstilskot til offentleg stifting for positiv miljømerking

Posten dekkjer tilskot til Stiftinga Miljømerking i Noreg (Miljømerking) til administrasjon av den nordiske miljømerkeordninga og utgifter som følgjer av rolla som norsk ansvarleg organ for miljømerkeordninga til EU.

I samband med handsaminga av Prop. 1 S (2016–2017) blei løyvinga til Miljømerking auka med 2,5 mill. kroner. Denne auken blir føreslått vidareført i 2018.

Departementet føreslår ei samla løyving på 10,3 mill. kroner i 2018.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

13 012

2 149

2 196

50

Forsking og undervisning, kan nyttast under post 21

9 252

9 455

70

Tilskot, kan nyttast under post 21

1 316

1 375

1 412

79

Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

4 793

5 973

6 134

Sum kap. 0865

19 121

18 749

19 197

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 50

Posten blir nytta til å finansiere prosjekt, utgreiingar og tiltak som har særleg relevans for forbrukarområdet.

Vidare blir posten nytta til å finansiere undersøkingar som skal gi kunnskap om behova for tiltak som kan gjere marknadene tryggare og enklare for forbrukarane. Departementet samarbeider med forbrukarverksemdene om dette.

Departementet føreslår ei samla løyving på 2,2 mill. kroner i 2018.

Post 50 Forsking og undervising, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til forsking, undervising, prosjekt og utgreiingar som har særleg relevans for forbrukarområdet.

Midla til forskingsoppdrag Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved Høgskulen i Oslo og Akershus utfører, 8 mill. kroner, blir òg dekte over denne posten. Arbeidet består i konkrete forskingsoppgåver som SIFO utfører basert på kunnskapsbehovet til departementet. I 2018 vil det vere prioritert å skaffe fakta og dokumentasjon om

  • utviklinga i forbruket, haldningane og problema til forbrukarane

  • den økonomiske situasjonen til hushalda, med vekt på mellom anna gjelds- og betalingsproblem

  • konsekvensar for forbrukarane av digitalisering

  • effekten av forbrukarpolitiske verkemiddel og tiltak

Posten vil vidare bli nytta til arbeidet med å styrkje undervisinga i forbrukaremne i skulen. BLD har mellom anna eit samarbeid med Høgskulen i Innlandet, som leier ei rådgjevande gruppe for arbeidet med forbrukarundervising og eit fagleg tilbod til lærarar og studentar. Departementet vil i 2018 føre vidare samarbeidet med høgskulen om andre praktiske oppgåver knytte til undervising i forbrukaremne.

Departementet føreslår ei samla løyving på 9,4 mill. kroner i 2018.

Post 70 Tilskot, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til tiltak og einskildprosjekt som fremjar måla for forbrukarpolitikken til regjeringa.

Det blir føreslått å vidareføre tilskota til tre særskilde tiltak i 2018:

  • 0,5 mill. kroner til å delfinansiere drifta av Forbrukarsekretariatet i Standard Norge (nærare omtalt under delmål 6.1). 0,1 mill. kroner av tilskotet går til ei tilskotsordning for reisestøtte til forbrukarrepresentantar i standardiseringsarbeid. Tilskotet blir fordelt etter kriterium kunngjorde på nettstaden til Standard Norge (standard.no). Fagrådet for forbrukarsaker fører kontroll med tilskotet.

  • støtte til organisasjonen Ungt Entreprenørskap om undervisingsopplegg i ungdomsskulen om berekraftig forbruk

  • støtte til arbeidet Matvett AS utfører for å redusere matsvinnet i hushald. Arbeidet må sjåast i samanheng med samarbeidet mellom styresmaktene og bransjeorganisasjonar om ein bransjeavtale for å redusere matsvinn (nærare omtalt under delmål 6.3).

Departementet føreslår ei samla løyving på 1,4 mill. kroner i 2018.

Post 79 Rammeprogrammet til EU om forbrukarpolitikk, kan overførast

Noreg deltek i EUs forbrukarprogram, Consumer Programme 2014–2020. Dette programmet er i hovudsak ei vidareføring av rammeprogrammet for perioden 2007–2013, Consumer Programme 2007–2013. Sjølv om det førre programmet blei avslutta i 2013, held nokre aktivitetar fram, og deltakarlanda kan ha økonomiske forpliktingar i 3–5 år etter avslutningsåret.

Forbrukarprogrammet har som mål å medverke til å verne helsa, tryggleiken og dei økonomiske interessene til forbrukarane, så vel som retten til forbrukarinformasjon, utdanning og organisering av forbrukarinteressene. Programdeltakinga inneber mellom anna at Forbrukarombodet (Forbrukartilsynet frå 1. januar 2018) og andre tilsyn deltek i samarbeidet om handheving over landegrensene, og at Forbrukar Europa kan formidle råd og hjelp til norske forbrukarar som handlar over landegrensene.

Posten skal òg dekkje departementet sin del av kontingentutgifta til EU-programmet om samvirkeløysingar for offentleg forvalting i europeiske land, Interoptability Solutions for European Public Administrations (ISA). Ved handsaminga av Prop. 75 S (2015–2016) i mai 2016 gav Stortinget samtykke til å innlemme arvtakaren ISA2 (2016–2020) i EØS-avtalen.

Storleiken på dei årlege bidraga varierer med ulike faktorar, som aktiviteten under programma, EØS-budsjettet og valutautviklinga. Det kan derfor vere vanskeleg å berekne utgiftene.

Departementet føreslår ei samla løyving på 6,1 mill. kroner i 2018.

Kap. 867 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

10 884

11 466

13 543

Sum kap. 0867

10 884

11 466

13 543

Status for verksemda

Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet har som oppgåve å førebu saker som skal avgjerast i Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet. Sakene til Forbrukarklageutvalet legg beslag på størstedelen av ressursane.

Marknadsrådet handsamar hovudsakleg saker om marknadsføring som blir lagde fram gjennom Forbrukarombodet (Forbrukartilsynet frå 1. januar 2018). I tillegg er Marknadsrådet klageinstans for saker om brot på merkereglane i tobakksskadelova og reklameforbodet i denne lova og i alkohollova.

Forbrukarklageutvalet handsamar hovudsakleg tvistar om forbrukarkjøp, handverkartenester og angrerett mellom næringsdrivande og forbrukarar og mellom private partar. Etter forbrukarklagelova som tok til å gjelde 1. mars 2017, kan Forbrukarklageutvalet òg handsame prinsipielle saker som er mekla av Forbrukarrådet, og som fell utanfor det vanlege saksfeltet til utvalet. Vedtaka er bindande for partane og får verknad som ein dom, med mindre saka blir bringa inn for tingretten. Alle saker til Forbrukarklageutvalet må fyrst ha vore handsama av Forbrukarrådet.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til lønn for tilsette og andre driftsutgifter ved sekretariatet i tillegg til godtgjersle med meir til medlemmene av Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet.

For å styrkje sakhandsamingskapasiteten til Forbrukarklageutvalet er løyvinga på posten føreslått auka med 2 mill. kroner.

Departementet føreslår ei samla løyving på 13,5 mill. kroner i 2018.

Kap. 868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

25 020

27 045

27 225

Sum kap. 0868

25 020

27 045

27 225

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport 2016/2017

Verne forbrukarar mot lovstridig marknadsføring på dei områda som har mest å seie økonomisk for forbrukarane

Marknadsføring av lån og kreditt: Forbrukarombodet (FO) har revidert rettleiinga for marknadsføring av lån og kreditt. Denne rettleiinga vil bidra til at forbrukarar får einsarta, rett og samanliknbar informasjon om prisar i lånemarknadsføring. FO greip òg inn i fleire saker der det blei funne brot på regelverket for kredittmarknadsføring. I tillegg stansa ombodet marknadsføring av forbrukslån som eigenkapital når ein tek opp bustadlån hos tre affiliates (marknadsføringssider som får betaling for klikk).

Marknadsføring av leasingavtalar og lån for bil: Det blei gjennomført ein tilsynsaksjon der FO undersøkte fleire marknadsføringskanalar. Ombodet sende brev til seks selskap, som endra marknadsføringa si etter å ha fått breva.

Lokkepris i marknadsføring av bustader: Det blei gjennomført fleire tilsynsaksjonar for å finne ut om avvika mellom prisantydning og salspris var for store. Lovbrot blei oppdaga hos ti meklarføretak aust i Oslo. Det blei sett i verk nye tiltak for å motverke lokkeprisar, og føretaka rapporterte tilbake til ombodet om desse tiltaka. Ein ny kontroll viste at avviksprosenten mellom prisantydning og salspris hadde blitt mindre på slutten av året.

Bruk av testar i mobilmarknaden: FO sende ut eit orienteringsbrev til heile mobilbransjen der det blei gjort greie for krava som kan stillast til marknadsføring av påstandar som er grunna på testar. Fleire kampanjar hos ulike tilbydarar som har brukt testar i marknadsføring på ein villeiande måte, blei endra etter tilsyn.

Abonnementsfeller: Etter ein ny tilsynsaksjon mot såkalla abonnementsfeller på internett førte FO saker mot tre selskap inn for Marknadsrådet med påstand om brotgebyr og tvangsmulkt for dei aktuelle firmaa og personane bak. Ombodet fekk medhald i alle tre sakene.

Barn: FO har handsama fleire saker om direkte oppmodingar om kjøp til barn. Aktørane har innretta marknadsføringa si i tråd med krava frå FO.

Transport: FO slo fast at Norwegians planlagde framgangsmåte for å krevje etterbetaling av flyseteavgift var ulovleg. Ombodet slo fast at det er lovstridig å trekkje på eit betalingsinstrument utan uttrykkjeleg samtykke. Selskapet endra den planlagde praksisen i samsvar med lova.

Pris: FO handsama fleire einskildsaker om prismarknadsføring i utvalde bransjar, mellom anna sportsbransjen og daglegvarebransjen. Det blei gjort fleire vedtak om forbod og skrive ut tvangsmulkter til to aktørar i sportsbransjen.

Betre vernet for forbrukarar i standardkontraktar

Finans: FO har arbeidd for at leasingvilkåra for bil skal vere rimelege og balanserte. Ombodet har òg bede Justis- og beredskapsdepartementet om å vurdere om det er mogleg å revidere og utvide den eksisterande forskriftsreguleringa av denne typen forbrukarleige.

Bustad: FO har gjennomgått kontraktar for nyoppført bustad frå seks utbyggjarar for å finne ut om dei nyttar urimelege kontraktsvilkår. Ombodet har forhandla fram rimelege løysingar i standardkontrakten som Norges Eiendomsmeglingsforbund og Eiendom Norge tilbyr medlemmene sine å bruke ved sal av nybygde bustader. Dei tre aktørane som tilbyr bustadkjøparforsikring på den norske marknaden, har òg endra marknadsføringa og vilkåra sine i tråd med krava FO har stilt.

IKT: Kabelselskapa Get og Canal Digital slutta i desember 2016 med tvungent koplingssal etter forhandlingar med FO. Derfor står forbrukarar som berre ønskjer internettilgang, men ikkje TV, frå kabelselskapa fritt til å velje dette.

Straum: Energi Norge og FO har forhandla fram nye standardvilkår for avtalar mellom forbrukarar og kraftleverandørar. Dei nye vilkåra sikrar mellom anna at alle kundar som ønskjer det, får direkte varsel om endringar i straumprisen og vilkåra for straumavtalen.

Betre vernet for den digitale forbrukaren

Etter dialog med FO har Tinder, som er ein av dei mest populære dating-appane i Noreg så vel som internasjonalt, gått med på å gjere omfattande endringar i avtalevilkåra for bruk av appen. Urimelege og ubalanserte vilkår i kontrakten blir endra eller fjerna, og vilkåra blir forkorta og forenkla. Endringane blir gjennomførte for alle landa der Tinder er etablert.

FO gjennomførte ein tilsynsaksjon der brukaromtalar i 26 nettbutikkar blei sjekka. Alle fekk brev med rettleiing om regelverket, og fleire blei bedne om å gjere endringar i systema sine.

Internasjonalt arbeid for betre forbrukarvern

I 2016 blei det handsama ei rekkje lovforslag i EU som vil få mykje å seie for kva rettar og vern norske forbrukarar skal ha. FO har derfor, i samråd med BLD, prioritert å gi omfattande innspel til korleis det nye regelverket bør vere utforma. Dette gjeld mellom anna: ei ny forordning om forbrukarvernsamarbeid, nye direktiv om rettar ved kjøp av digitale tenester og varer, og prosessen med å revidere dei seks direktiva som mellom anna fastset kva vern forbrukarar skal ha mot urimeleg handelspraksis og urimelege kontraktsvilkår.

Gjennom det europeiske CPC-nettverket har FO spelt ei leiande rolle i fleire samarbeidsprosjekt, mellom anna i eit prosjekt der styresmaktene i ti land har samarbeidd for å stanse såkalla abonnementsfeller. Ombodet har òg vore med på å utforme krav til endring av avtalevilkåra til dei største sosiale media (Facebook, Twitter og Google) og krav om at desse aktørane må få på plass betre prosessar for å stanse ulovleg marknadsføring.

Strategiar og tiltak for 2018

Forbrukarombodet skiftar frå 1. januar 2018 namn til Forbrukartilsynet. Samstundes skjer det òg endringar i handhevingsreglane i marknadsføringslova. Endringane vil mellom anna gjere det mogleg å gjere vedtak mot næringsdrivande som bryt lovverket, på ein raskare og meir effektiv måte. Forbrukartilsynet vil prioritere å nytte dei nye moglegheitene lova vil gi, slik at forbrukarinteressene blir verna meir effektivt enn i dag. Tilsynet vil samstundes halde fram den gode dialogen med næringslivet om korleis ein best mogleg kan etterleve forbrukarvernreglane.

Betre vernet for forbrukarar i standardkontraktar

Forbrukarar skal ikkje måtte akseptere urimelege vilkår i finansielle avtalar, ved kjøp eller leige av bustad, internettilgang, telefoni, tv, straum eller andre tenester som dei fleste av oss er avhengige av i kvardagen. Forbrukartilsynet vil derfor gripe inn mot urimelege vilkår i standardkontraktar og mellom anna forhindre at det er urimeleg dyrt å gå ut av løpande avtalar, at forbrukarar må betale store summar på forskot for varer og tenester, ikkje får varsel om endringar i løpande avtalar eller får presentert vilkår som ikkje er moglege å forstå for den jamne forbrukar.

Det er knytt lange og urimelege vilkår til mange digitale appar og tenester som forbrukarar nyttar, til dømes innanfor delingsøkonomien. Forbrukartilsynet vil òg på dette området arbeide for å gjere vilkåra for forbrukarane betre balanserte og lettare å forstå.

Verne forbrukarar mot lovstridig marknadsføring

Forbrukartilsynet vil i 2018 mellom anna føre tilsyn med at marknadsføring av finansielle tenester som lån, kreditt- og spareprodukt ikkje er villeiande. Tilsynet vil òg kontrollere at kredittilbydarar ikkje driv aggressiv marknadsføring av forbrukslån og usikra kreditt i strid med den nye forskrifta om kredittmarknadsføring som tredde i kraft 1. juli 2017.

Innan bustadmarknaden vil Forbrukartilsynet arbeide vidare for at rett informasjon om bustaden, pris og alle andre kostnader kjøparen er forplikta til å betale, kjem fram av marknadsføringa.

Norske forbrukarar bruker milliardar kvart år på ulike helsefremjande tenester. Forbrukarar som søkjer hjelp for ulike helseproblem, er potensielt sårbare og kan ha behov for særleg vern. Forbrukartilsynet vil derfor i 2018 følgje med på at det ikkje blir gjort bruk av ulovlege påstandar om effekt i marknadsføring av alternativ behandling, og at anna marknadsføring av helsetenester ikkje skjer i strid med marknadsføringslova.

Ombodet har tidlegare år ført tilsyn med og gitt næringsdrivande rettleiing om kva krav som må stillast ved bruk av miljø- og etikkpåstandar i marknadsføring. Marknadsutviklinga og førekomsten av slike påstandar gjer at Forbrukartilsynet i 2018, innanfor utvalde bransjar der særlege forbrukaromsyn gjer seg gjeldande, vil auke innsatsen på dette området.

Betre vernet for den digitale forbrukaren

Nye digitale tenester kan gjere kvardagen enklare for mange, mellom anna ved bruk av mobile betalingsløysingar og enklare kjøp av tenester og varer på nett. Digitaliseringa banar òg veg for stadig nye aktørar innanfor delingsøkonomien og senkar barrierane for marknadsføring, kjøp og sal av varer og tenester på tvers av landegrensene. Forbrukartilsynet vil i 2018 arbeide med problemstillingar denne utviklinga reiser. Det overordna målet er å få aktørane til å respektere at reglane som vernar forbrukarar, også gjeld når vi beveger oss over i den digitale verda.

Internasjonalt arbeid for betre forbrukarvern

Tilsynsoppgåvene til Forbrukartilsynet følgjer i stor grad av plikter som Noreg er pålagde som følgje av EØS-avtalen. CPC-forordninga pålegg alle EU/EØS-landa å etablere eit system for effektivt vern av dei kollektive interessene til forbrukarane ved å føre tilsyn med at næringsdrivande overheld krava som følgjer av 17 forskjellige forordningar og direktiv. Forbrukartilsynet har ansvaret for å føre tilsyn med det meste av dette regelverket i Noreg.

Ei ny CPC-forordning er under utarbeiding og tek sikte på å gjere handhevinga av det felleseuropeiske forbrukarvernregelverket meir effektiv. Forbrukartilsynet vil prioritere dialog og samarbeid med departementet, og utanlandske og nasjonale tilsynsstyresmakter, i den vidare prosessen med implementering av den nye forordninga.

I samband med EU-kommisjonens satsing på Digital Single Market er det lagt fram forslag til direktiv om forbrukarrettar ved kjøp av digitale ytingar og ved fjernsal av varer. Det er òg sett i gang ein prosess med å revidere seks eksisterande direktiv som gir reglar om marknadsføring og forbrukarrettar. Forbrukartilsynet vil i 2018 prioritere å gi innspel i denne prosessen for å bidra til at forbrukarvernet i Noreg og Europa blir godt.

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje lønn og andre driftsutgifter hos Forbrukartilsynet.

Departementet føreslår ei løyving på 27,2 mill. kroner i 2018.

Kap. 3868 Forbrukartilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Diverse inntekter

958

Sum kap. 3868

958

Programkategori 11.40 Likestilling og ikkje-diskriminering

Hovudinnhald og prioriteringar

Diskriminering er eit brot på menneskerettane som rammar både den einskilde og samfunnet. I dag blir omgrepet «likestilling» nytta i vidare forstand enn likestilling mellom menn og kvinner. Det handlar òg om likestilling når det gjeld funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder, etnisitet og religion. BLD har ei koordineringsrolle for andre departement i arbeidet med å fremje likestilling og hindre diskriminering på dei ulike grunnlaga.

Regjeringa har som mål i likestillingspolitikken at alle skal ha like moglegheiter og fridom til å ta eigne val. BLD har det overordna ansvaret for koordinering av politikken på områda likestilling og ikkje-diskriminering. Sektordepartementa har ansvar for likestillingspolitikken på eigne sektorområde.

Regjeringa har med Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn gitt eit langsiktig perspektiv for likestillingsarbeidet. BLD samordnar innsatsen til regjeringa og følgjer utviklinga over tid.

Ny felles likestillings- og diskrimineringslov vil ta til å gjelde den 1. januar 2018, og regjeringa tek sikte på å etablere eit nytt handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet frå 2018. Målet er eit styrkt og meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering.

Hausten 2016 la regjeringa fram ein strategi mot hatefulle ytringar. Strategien gjeld fram til 2020. Målet med strategien er å medverke til god offentleg meiningsutveksling og å førebyggje og motverke hatefulle ytringar.

Det er framleis behov for å styrkje dei grunnleggjande rettane til lhbti-personar og motverke diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. Regjeringa har derfor lagt fram Trygghet, mangfold, åpenhet. Regjeringens handlingsplan mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (2017–2020). I 2018 vil involverte sektordepartement arbeide vidare med gjennomføring av tiltaka i denne handlingsplanen.

Mål

For 2018 gjeld desse måla:

Hovudmål

Delmål

3: Eit samfunn med like moglegheiter og utan diskriminering

3.1: Eit meir likestilt samfunn med like rettar

3.2: Eit godt og effektivt handhevingsapparat

Delmål 3.1 Eit meir likestilt samfunn med like rettar

Resultatrapport 2016/2017

Diskrimeringsgrunnlaga

Likestilling mellom kvinner og menn

Regjeringa har med Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn gitt eit langsiktig perspektiv for likestillingsarbeidet. Meldinga løftar fram utfordringar knytte til likestilling på sentrale samfunnsområde: oppvekst og utdanning, arbeidsliv, vald og overgrep, helse, næringsliv og entreprenørskap. I meldinga blir strategiar og verkemiddel som skal bidra til eit meir likestilt samfunn, presenterte. BLD samordnar innsatsen til regjeringa og følgjer utviklinga over tid.

I Agder deltek 16 verksemder, både offentlege og private, i pilotprosjektet Likestilt arbeidsliv. Målet er å bli sertifisert som ei likestilt bedrift. Basert mellom anna på nettbasert kartlegging om kva for moglegheiter tilsette ser for å skape inkludering og like moglegheiter for alle i verksemdene, og analyse av interne og eksterne dokument frå verksemdene, skal det utarbeidast rapportar til kvar av dei 16 verksemdene om forbetringstiltak for likestilling og mangfald. Regjeringa har støtta pilotprosjektet med 1 mill. kroner i 2016 og 2017. Det blir no arbeidd med å utvikle kriterium for sertifisering av verksemdene. Pilotsertifiseringa skjer fyrste halvår 2018.

Regjeringa har støtta prosjektet Jenter og teknologi i regi av NHO med 2 mill. kroner i 2016 og 2,5 mill. kroner i 2017. Målsetjinga til prosjektet er å auke delen jenter i teknologifaga på alle nivå i utdanningssystemet og leggje til rette for at fleire vel utradisjonelle utdanningar og karrierar. I 2016 gjennomførte prosjektet ein større kampanje for å informere og inspirere jenter til å velje teknologi. I løpet av to veker møtte 2700 ungdomsskulejenter frå Kristiansand til Alta opp på arrangementa. Den sentrale metodikken i prosjektet er å la unge kvinner frå målgruppa møte unge, kvinnelege rollemodellar som fortel om utdanningsvala sine og presenterer studie- og/eller arbeidsdagane sine. Det blei også halde arrangement på universitet og høgskular. Interessa for Jenter og teknologi har vore stor blant målgruppa.

CORE – Kjernemiljø for likestillingsforsking har som målsetjing å forske på og bidra til å stimulere til forsking om kjønnslikestilling med særleg vekt på arbeidslivet. CORE har avslutta det fireårige oppdraget om å danne kjernemiljøet. Frå 2017 er kjernemiljøet tilskotsfinansiert. Forskinga til CORE har medverka til ny kunnskap. Kjønnsdelinga på den norske arbeidsmarknaden har blitt noko mindre over tid. Fleire jobbar i yrke med om lag like mange kvinner som menn, og kvinner går i aukande grad inn i høgstatusyrke. Nokre fleire menn går inn i kvinnedominerte yrke, dette gjeld særleg menn med innvandrarbakgrunn som går inn i yrke med låge kompetansekrav.

Forskinga til CORE viser at veksten i sysselsetjinga blant kvinner har hatt mykje å seie for verdiskapinga i Noreg. Som ein enkel illustrasjon ville fastlands-BNP summert over 40 år vore 3300 milliardar kroner lågare enn det faktisk har vore, dersom ein ikkje hadde hatt sysselsetjingsvekst blant kvinner sidan 1972. Analysane viser vidare at dersom kvinner jobba like mykje som menn i heile perioden (1972–2013), ville fastlands-BNP summert over perioden vore 2300 milliardar kroner høgare.

I mai 2016 blei CORE Toppleiarbarometer 100 lansert. Her blir kjønnsbalansen i toppleiinga i 100 av dei største norske selskapa etter omsetning kartlagd. Barometeret viser at kvinnedelen i toppleiargruppene i desse selskapa var på 20 prosent, og i 93 prosent av selskapa var øvste leiar (CEO) ein mann. Barometeret gir i tillegg oversikt over fordelinga av kvinner og menn i stabs- og linjeposisjonar. I februar 2017 blei CORE Toppleiarbarometer 200 lansert. Her blei dei 200 største selskapa i Noreg kartlagde. Barometeret viser at sjølv med ei dobling av verksemder er det berre 20 prosent kvinner i toppleiargruppene. Det er kjønnsbalanse i stabsposisjonar, og mannsdominans i linjeposisjonar. Kvinner har berre 15 prosent av linjeposisjonane, det vil seie stillingar med resultatansvar og posisjonar som tradisjonelt er sett på som sentralt for å kvalifisere til øvste posisjon – CEO. Analysar frå CORE viser også at lovreguleringa av kjønnsbalanse i bedriftsstyre har hatt klar betyding for kjønnsbalansen i styra som er omfatta av lova, men førebels finst det ingen teikn til spreiingseffektar til dei operative toppleiargruppene i selskapa.

CORE har etablert ein indikator for kjønn og lønn som måler timelønnsforskjellen mellom menn og kvinner. Indikatoren viser at lønnsforskjellane er størst på toppen av lønnsstigen. Medan kvinner i låglønnsyrke har 6 prosent lågare timelønn enn menn i tilsvarande stillingar, tener kvinner på toppen av lønnsstigen 20 prosent mindre enn menn med topplønningar. Analysar viser at kvinner med barn tener mindre enn kvinner utan barn, medan det er motsett for menn.

CORE har analysert likestilling i samspelet mellom arbeid og familie. Fedrekvoten har stor oppslutning både blant kvinner og menn, og han blir teken ut i alle delar av arbeidslivet, også på små, mannsdominerte arbeidsplassar i privat sektor. Den delbare permisjonen blir likevel i all hovudsak nytta av mor. Lik rett til å ta permisjon har altså liten verknad på delinga mellom foreldre. Foreldra tek også permisjon på ulike premissar. Medan mor tek lang permisjon, tilpassar far oftare permisjonen sin til arbeidslivet dersom han opplever at fråværet kan innebere ein risiko. Studiar av foreldre som faktisk deler permisjonen likare enn andre, viser at desse også har meir likestilte familieliv seinare. Se ytterligere forskningsfunn omtalt under foreldrepengeordningen under programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon.

Analysar av samanhengen mellom sektormobilitet og familieetablering viser at i perioden med barnefødslar og småbarnsfasen er det fleire kvinner som går over frå arbeid i privat til offentleg sektor. For kvinner i høgstatusyrke kan dette handle om større grad av familieuvennlege forventningar i privat sektor.

Forskinga frå CORE er formidla gjennom ei rekkje bøker, rapportar og vitskaplege artiklar, gjennom seminar, debatt, ulike medium og gjennom føredrag.

Senter for likestilling ved Universitetet i Agder, Likestillingssenteret i Hamar, KUN – senter for kunnskap og likestilling i Steigen og Reform – ressurssenter for menn, er kunnskaps- og ressursmiljø for å fremje likestilling og mangfald. Likestillingssentera skal følgje opp lokale og regionale verksemder gjennom opplæring, rettleiing og erfaringsutveksling i arbeidet med å fremje likestilling og hindre diskriminering. Reform har som hovudoppgåve å fremje eit mannsperspektiv og deltaking frå menn i likestillingsarbeidet. Reform leverte til regjeringa i februar 2016 tilrådingane frå eit fellesnordisk prosjekt om kjærastevald. Rapporten summerer opp elleve tilrådingar frå ein nordisk ekspertkonferanse om korleis kjærastevald kan motarbeidast. I rapporten tilrår ein mellom anna jamlege nordiske omfangsundersøkingar om kjærastevald, betre og meir heilskapleg seksualundervising som også tek føre seg personar/grupper som kan oppleve diskriminering på fleire grunnlag samstundes (interseksjonalitet). Vidare tilrår ein føreseieleg økonomi for sivilsamfunnsorganisasjonane som arbeider på dette området. Departementet har bidrege med finansiering av sentera og Reform. Departementet har òg bidrege med midlar til aktivitetar som forsking, informasjon og rettleiing og med å motivere offentlege og private verksemder til aktivt likestillingsarbeid.

Bufdir lanserte statistikk og indikatorar for kjønnslikestilling på nettstaden kjonnslikestilling.no i januar 2017. Målet med nettressursen er å gjere indikatorar på kjønnslikestilling tilgjengelege og å kunne spore utviklinga over tid. Indikatorane er publiserte saman med artiklar baserte på kvalitativ og kvantitativ forsking.

Totalt fekk 19 frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk, driftstilskot frå Bufdir i 2016. 12 organisasjonar fekk dessutan tilskot til målretta aktivitetar. REFORM – ressurssenter for menn fekk til dømes støtte til å lage ei bok om mangfald og fedrar. Ung Innovasjonspris, som departementet har støtta dei siste åra, blei ikkje delt ut i 2016 då departementet ikkje fekk nokon søknad frå Trondheim kommune. Det statlege tilskotet blei ikkje vidareført i 2017.

BLD har ansvar for å koordinere nasjonal oppfølging av FNs berekraftsmål nr. 5 om likestilling. Hovudtema for FNs 61. kvinnekommisjon i mars 2017 var kvinner og arbeidsliv. Her deltok også BLD, og som formannskapsland hadde Noreg ansvar for mellom anna det nordiske ministerpanelet. Temaet for panelet var likestilling i arbeidslivet, mellom anna kva utfordringar som framleis finst på dette området i dei nordiske landa.

I samband med handsaminga av Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis – Like muligheter for kvinner og menn,gjorde Stortinget 14 oppmodingsvedtak, jf. Innst. 228 S (2015–2016). Barne- og likestillingsdepartementet har ansvaret for vedtak 602, 603 og 611.

Vedtak nr. 602, 14. april 2016

«Stortinget ber regjeringen holde en årlig redegjørelse for Stortinget om status i arbeidet med å fremme likestilling og mangfold i alle sektorer. Andelen kvinnelige toppledere i virksomhetene departementet har ansvaret for, skal inngå i redegjørelsen.»

Barne- og likestillingsministeren la fram ei orientering for Stortinget 2. mai 2017 om status i arbeidet med å fremje likestilling og mangfald i alle sektorar. Tema var: styrkje likestillinga og motverke diskriminering; likestilling i utdanning- og arbeidsliv; kjønnsbalanse i leiing og næringsliv; vald i nære relasjonar; likestilt foreldreskap; likestilling i helse og nordisk og internasjonalt arbeid. Det var debatt om orienteringa 4. mai 2017.

Vedtak nr. 603, 14. april 2016

«Stortinget ber regjeringen opprette et eget trepartssamarbeid for økt likestilling med partene i arbeidslivet.»

Gode samarbeidsarenaer mellom styresmaktene og partane i arbeidslivet byggjer på ein solid tradisjon i norsk arbeidsliv og politikk. Hovudorganisasjonane i arbeidslivet og regjeringa ved Arbeids- og sosialdepartementet og Barne- og likestillingsdepartementet er blitt einige om eit organisert samarbeid for å fremje likestilling mellom kvinner og menn i arbeidslivet. Dette trepartssamarbeidet er forankra i Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd, og likestilling blir jamleg teke opp som tema i rådet. I tillegg drøftar ei arbeidsgruppe under rådet spørsmål knytt til likestilling i arbeidslivet.

Regjeringa har drøfta trepartssamarbeid for auka likestilling med partane i Arbeidslivs- og pensjonspolitisk råd. Styresmaktene og partane er einige i at trepartssamarbeidet må vere forankra i strukturen ein har etablert, og at det er eit format som fungerer godt.

Vedtak nr. 611, 14. april 2016

«Stortinget ber regjeringen levere et tillegg til statsbudsjettet som gir en likestillingsvurdering av statsbudsjettet i sin helhet.»

Statistisk sentralbyrå har på oppdrag frå BLD utarbeidd rapporten Fordelingen av økonomiske ressurser mellom kvinner og menn og kjønnsforskjeller i helse. Rapporten blir lagd fram som eit likestillingsvedlegg til Prop. 1 S (2017–2018) for BLD og utkvitterer vedtaket. Likestillingsvedlegget kastar lys over fordelinga av økonomiske ressursar mellom kvinner og menn ved å skildre sysselsetjing, tidsbruk, lønn og inntekt i eit kjønnsperspektiv. Rapporten ser òg særskilt på fordelinga av økonomiske ressursar mellom kvinner og menn med innvandrarbakgrunn. Det er i tillegg to kapittel om kjønnsforskjellar i helse og bruk av helsetenester.

Vedtak nr. 682, 23. mai 2017

«Stortinget ber regjeringen nedsette et norsk offentlig utvalg som ser på hvilke likestillingsutfordringer barn møter på ulike arenaer.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort på grunnlag av eit representantforslag om nye tiltak for å fremje likestilling, jf. Dokument 8:62 S (2016–2017) og Innst. 277 S (2016–2017).

Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Handlingsplanen Trygghet, mangfold, åpenhet. Regjeringens handlingsplan mot diskriminering på grunn av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (2017–2020) blei lansert i juni 2016. Handlingsplanen har innsatsområda trygge nærmiljø og offentlege rom, likeverdige offentlege tenester og betre livskvalitet for særleg utsette grupper. Handlingsplanen vidarefører også Noregs internasjonale innsats og samarbeidet mellom styresmaktene og organisasjonane på dette feltet. Planen inneheld ei rekkje tiltak. Mellom anna skal levekåra til ulike grupper av lhbti-personar kartleggjast, som til dømes lhbti-personar med funksjonsnedsetjingar og lhbti-personar med innvandrarbakgrunn. Det skal vidare setjast i verk tiltak mot mobbing og trakassering i skulen, og arbeidet mot hatkriminalitet på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk skal styrkjast.

Bufdir tok del i utviklinga av planen, og direktoratet har frå 2017 fått ansvaret for å koordinere den faglege og operative gjennomføringa av planen. Bufdir skal i tillegg gjennomføre ei rekkje einskildtiltak. Dette arbeidet blei starta opp alt i oktober 2016, då Bufdir i samarbeid med Helsedirektoratet og LDO gjennomførte det aller fyrste symposiet i Noreg om variasjonar i kroppsleg kjønn (interkjønn-tilstandar). Ei rekkje medisinske og juridiske ekspertar, forskarar og styresmakter i tillegg til representantar for brukar-/pasient- og lhbti-organisasjonar deltok. Symposiet var eit viktig fyrste steg for å betre kunnskapen om levekår blant interkjønnpersonar i Noreg. Våren 2016 gjennomførte Bufdir den andre samlinga om ikkje-diskrimineringsarbeid på lhbti-feltet for kommunesektoren, der 14 kommunar deltok.

Bufdir gir tilskot på om lag 11 mill. kroner til mellom anna FRI (Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold), Skeiv Verden, Skeiv Ungdom og Forbundet for transpersoner i Norge, slik at dei kan jobbe for eit meir likestilt samfunn. Bufdir gir òg tilskot til aktivitetar, slik at frivillige organisasjonar og andre aktørar får høve til å gi informasjon, vekkje merksemd og skape debatt. Selvhjelp for innvandrere fekk i 2016 treårig aktivitetsstøtte til arbeid knytt til lhbti-personar med innvandrar-, asyl- og flyktningbakgrunn.

På oppdrag frå Bufdir gav Universitetet i Bergen i 2016 ut ein rapport som gjer greie for moglege datakjelder til eit nytt indikatorsett som kan vise utvikling over tid i levekåra blant lhbti-personar i Noreg. Rapporten er teken med i grunnlaget for arbeidet med å utvikle det nye indikatorsettet for levekåra til lhbti-personar.

ILGA Europe, den Europeiske paraplyorganisasjonen for nasjonale lhbti-organisasjonar, rangerer årleg alle dei europeiske landa etter ei vurdering av politikk og lovverk på lhbti-området i kvar einskild stat. Noreg blei i 2017 rangert som nummer to på denne rangeringa, ei forbetring på ni plassar frå 11. plassen i 2016. Berre Malta fekk betre skår enn Noreg. ILGA Europe la i vurderinga særleg vekt på at Noreg i 2016 –17 hadde sett i verk ein ny tverrsektoriell handlingsplan på lhbti-området og lansert ei ny lov om endring av juridisk kjønn.

Etnisitet, religion og livssyn

Bufdir arbeider med å utvikle indikatorar på diskriminering og utviklinga i likestillingstilhøva for innvandrarar og barna deira, urfolk og nasjonale minoritetar. I samband med dette har Forskingsstiftinga Fafo utarbeidd rapporten Indikatorer på diskriminering av innvandrere, urfolk, og nasjonale minoriteter. Rapporten viser at det finst mest statistikk om innvandrarar og barna deira, at statistikken om samar er geografisk avgrensa, og at det finst lite eller ingen statistikk om nasjonale minoritetar.

Bufdir koordinerer Forum om etnisk diskriminering som består av seks direktorat, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Likestillings- og diskrimineringsombodet. Forumet er ein møteplass som skal bidra til at offentlege tenester er tilpassa ei mangfaldig befolkning, og at dei ikkje diskriminerer etniske minoritetar. Bufdir arrangerer òg dialogmøte med innvandrarorganisasjonar og organisasjonar for nasjonale minoritetar og den samiske befolkninga.

I samarbeid med fleire andre departement har BLD initiert ei undersøking av kva slags haldningar nordmenn har til jødar og andre etniske og religiøse minoritetar (befolkningsundersøkinga). Det er Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) som gjennomfører undersøkinga, som vil bli levert innan utgangen av 2017.

Departementet har òg sett i gang ei kartlegging og ein analyse av haldningane religiøse og etniske minoritetar har til kvarandre (minoritetsundersøkinga). Denne undersøkinga går parallelt med befolkningsundersøkinga og skal òg leverast i 2017.

Departementet har følgt opp nokre av forslaga frå HL-senterets konferanserapport Etnisk diskriminering og rasisme (HL-senteret 2015) gjennom befolkningsundersøkinga og minoritetsundersøkinga nemnt ovanfor og gjennom strategien mot hatefulle ytringar. Sjå eige avsnitt om hatefulle ytringar.

Bufdir har òg fokusert tydelegare på etnisitet, religion og livssyn innanfor dei andre likestillingsfelta, til dømes nedsett funksjonsevne og seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk.

Noreg har frist til å levere neste rapport til komiteen som overvaker FN-konvensjonen om rasediskriminering, hausten 2017. BLD samordnar arbeidet med rapporten.

Nedsett funksjonsevne

Eit offentleg utval om grunnleggjande rettar til menneske med utviklingshemming blei oppnemnt hausten 2014. Utvalet leverte utgreiinga si, NOU 2017: 17 På lik linje. Åtte løft for å realisere grunnleggende rettigheter for personer med utviklingshemming, i oktober 2016. Utgreiinga blei send ut på høyring i desember 2016. Departementet har fått i alt 139 høyringssvar. Sektoransvarsprinsippet skal leggjast til grunn for det vidare arbeidet med forslaga frå rettsutvalet.

NOUen skal følgjast opp gjennom ein strategiplan for betre samordning og gjennomføring av regjeringas mål om likestilling av personar med nedsett funksjonsevne. BLD skal koordinere arbeidet med strategiplanen som skal ha ein strategidel og ein handlingsplandel.

Bufdir har over fleire år initiert FoU-prosjekt for å bidra til auka kunnskap, kompetanse og tiltak for å betre levekårsituasjonen til menneske med utviklingshemming. Nordlandsforsking utarbeidde i 2016 ein rapport som mellom anna viste at personar med utviklingshemming har større utfordringar knytte til eigen rettstryggleik enn befolkninga elles. NOVA utarbeidde i 2016 ei kunnskapsoppsummering om familiar med funksjonshemma barn, som viser at familiane opplever mangelfull informasjon og hjelp. Mange av verkemidla er forankra i fleire direktorat, og utfordringane til desse familiane kan ikkje løysast av berre éin sektor.

Rettigheter for utviklingshemmede (det tidlegare Informasjons- og utviklingsprogrammet for menneske med utviklingshemming 2010–2013) blei revidert av Bufdir i 2017. Direktoratet har utvikla ein eigen nettressurs om rettane til personar med utviklingshemming. Målgruppa for nettressursen er alle som kan tenkjast å ha nytte av kunnskapen, til dømes fylkesmennene, kommunar, helseføretak, organisasjonar, kompetansesentera med fleire. Bufdir vil arbeide vidare med å sørgje for at materialet blir godt kjent og spreidd til aktuelle aktørar. Gjennom nettressursen kan ein få ut informasjon om lover, rettleiingar, sentrale offentlege føringar, rapportar og tiltak når det gjeld utviklingshemma og arbeid, helse, utdanning, bustad med meir.

Regjeringa har dialog med paraplyorganisasjonar for funksjonshemma, dels gjennom å arrangere eit årleg politisk rundebord og dels ved å la organisasjonane komme med innspel til statsbudsjettet. Samarbeidsavtalane med Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) blei oppretthalde i 2016 og 2017.

På oppdrag frå BLD har Bufdir vidareutvikla ein nettressurs som informerer om statistikk og levekåra for funksjonshemma. Bufdir har samarbeidd med SSB for å betre statistikkgrunnlaget. Bufdir har og formidla nye tal om utviklinga når det gjeld tilgjenge og universell utforming.

Bufdir forvaltar òg tilskot til tiltak for å betre levekåra til menneske med nedsett funksjonsevne. I 2016 prioriterte direktoratet prosjekt og tiltak som formidlar rettane til funksjonshemma, som bidreg til positive haldningsendringar i samfunnet, og som bidreg til å betre tenestene for familiar med barn med nedsett funksjonsevne.

129 organisasjonar for funksjonshemma fekk driftsstøtte frå Bufdir i 2016.

Deltaking i inkluderande fritidsaktivitetar er viktig for barn med nedsett funksjonsevne. Bufdir tildeler tilskot til sommarleir for barn med nedsett funksjonsevne i regi av organisasjonar for funksjonshemma. 1000 barn med særskilt store hjelpebehov deltok i 2016. Direktoratet gir òg tilskot for å styrkje evna frivillige organisasjonar har til å gjennomføre velferds- og ferietiltak for personar med nedsett funksjonsevne. Tiltaka nådde 5800 deltakarar i 2016.

Stiftelsen SOR arbeider med informasjons- og kompetanseformidling, fagutvikling og sosialpolitiske innspel, med særleg fokus på haldningsarbeid og bevisstgjering om utfordringar og utviklingsmoglegheitar. SOR arbeider med å fremje rettane til utviklingshemma gjennom samvirke med einskildpersonar, frivillige organisasjonar, offentlege etatar, fagmiljø og utdanningsinstitusjonar. SOR står bak inkluderingsmodellen HELT MED, som handlar om å tilsette personar med utviklingshemming i det ordinære arbeidslivet. SOR har søkt om middel og fått tilsegn om prosjektstøtte til HELT MED frå Bufdir.

Noreg var i juni 2016 representert på det 9. statspartsmøtet i samband med FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. Hovudtema for møtet var implementering av FNs berekraftsmål for personar med nedsett funksjonsevne.

Universell utforming

Handlingsplanen for universell utforming 2015–2019 blei lansert 29. januar 2016. Planen inneheld 47 tiltak på ansvarsområda til 10 departement. I planen er hovudvekta lagd på IKT og velferdsteknologi. I tillegg blir sentrale område som transport, bygningar og uteområde følgde opp.

Ein stor del av stimuleringsmidlane på kap. 872.71 Universell utforming og auka tilgjenge er tilskot for å støtte gode prosjekt for universell utforming. Tilskot blei mellom anna gitt til kommunar, fylke, private og offentlege verksemder, faglege organisasjonar og interesseorganisasjonar. Tilskotsordningane er administrerte av Bufdir.

Viktige tiltak blei òg gjennomførte av KS, Standard Norge, Statens Kartverk, Norsk design- og arkitektursenter (DogA) og eininga Universell ved NTNU.

I tillegg er det sett i gang utgreiingar av ein informasjonsportal for kvardags-/velferdsteknologi og handlingsrommet for eit universelt utforma samfunn.

Bufdir arbeider med å skape eit meir universelt utforma samfunn gjennom utvikling og spreiing av kunnskap, samarbeid med andre styresmakter, informasjons- og pådrivararbeid i kommunal sektor og gjennom tilskot til kunnskapsutvikling, kompetanseheving og informasjon. I 2016 gjennomførte Bufdir ein scenarioprosess for å finne handlingsrommet for eit universelt utforma samfunn, med medverknad og deltaking frå mellom anna fagmiljø, interessegrupper og offentlege aktørar. Scenarioprosessen vurderte moglege framtidsscenario for eit universelt utforma samfunn. Ein konklusjon var at universell utforming er ei sektorovergripande samfunnsoppgåve som må skje i samarbeid mellom fleire sektorar. Bufdir vil utarbeide eit vegkart for universell utforming i 2017. Det vil gi betre svar på korleis ein kan gå fram for oppnå universell utforming av til dømes skulebygg. Deltaking i arbeidslivet er ein viktig føresetnad for å tileigne seg og oppretthalde digital kompetanse. På bakgrunn av dette bestilte Bufdir i 2016 ei utgreiing om digitale barrierar i arbeidslivet. Undersøkinga viste mellom anna at éin av fire med funksjonsnedsetjing sluttar i jobb på grunn av digitale hinder.

Tilskotsordninga for universell utforming er eit effektivt verktøy for å skaffe ny kunnskap, støtte initiativ frå ulike sektorar og påverke innsatsane. I 2016 fekk Bufdir inn fleire søknader enn nokon gong. Aktivitetar i kommunane og nettverksarbeid blei prioritert. Utdelte tilskot var i 2016 på 15,7 mill. kroner. 5 mill. kroner var øyremerkte til IKT-prosjekt.

Personar med nedsett funksjonsevne bruker digitale tenester i mindre grad enn andre. Bufdir arbeider med å gjere digitale tenester meir tilgjengelege gjennom UnIKT, eit program for universell utforming av IKT. Det blei utdelt 5 mill. kroner tilskot til dette føremålet i 2016.

Overgripande tema innan likestilling og ikkje-diskriminering

Felles likestillings- og ikkje-diskrimineringslov

5. april 2017 la regjeringa fram Prop. 81 L (2016–2017) Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven). Lovforslaget inneber at dei fire gjeldande diskrimineringslovene blir erstatta av ei ny, samla lov. Dei fire gjeldande lovene er likestillingslova, diskrimineringslova om etnisitet, diskriminerings- og tilgjengelova og diskrimineringslova om seksuell orientering.

Målet med ei felles lov er å gjere diskrimineringsvernet sterkare, tydelegare og meir rettferdig. Forslaget byggjer på forslaget frå diskrimineringslovutvalet i NOU 2009: 14 Et helhetlig diskrimineringsvern. Stortinget vedtok lova 16. juni 2017.

Hatefulle ytringar

Hausten 2016 la regjeringa fram ein strategi mot hatefulle ytringar. Strategien gjeld fram til 2020. Målet med strategien er å medverke til god offentleg meiningsutveksling og å førebyggje og motverke hatefulle ytringar. Strategien inneheld tiltak på følgjande område: møteplassar, barn og unge, rettssystemet, arbeidslivet, mediesektoren og kunnskap og forsking.

Før lanseringa gav sivilt samfunn fleire innspel til strategien, mellom anna i møte med styresmaktene. Det er òg oppretta ei eiga referansegruppe, sett saman av representantar for frivillige organisasjonar, forskarar, Sametinget og andre relevante aktørar.

I samanheng med lanseringa av strategien blei det lagt fram fire kunnskapsoppsummeringar om hatefulle ytringar, utarbeidde av Institutt for samfunnsforsking. Rapportane presenterer data om

  1. art og omfang av hatefulle ytringar på internett

  2. samanhengar mellom hatefulle ytringar, diskriminering, mobbing og vald

  3. grenseoppgangen mellom ytringsfridom og hatefulle ytringar

  4. omfang, førebygging og juridiske grenser knytte til hatefulle ytringar på internett

Rapportane syner mellom anna at etnisitet og seksuell orientering er dei vanlegaste grunnlaga for hatefulle ytringar, og at kvinner og menn blir utsette for ulike former for hatefulle ytringar på internett.

I samanheng med den internasjonale FN-dagen for personar med funksjonsnedsetjingar i 2016 offentleggjorde Bufdir rapporten Hatytringer – resultater fra en studie av funksjonshemmedes erfaringer, som er utarbeidd av Nordlandsforsking i samarbeid med NTNU Samfunnsforsking.

Støtta til Stopp hatprat-kampanjen blei auka i 2017. I samarbeid med Bufdir gjennomførte Stopp hatprat-kampanjen ein ungdomskonferanse i oktober 2016 med litt under 100 deltakarar i alderen 16–26 år. Føremålet med konferansen var mellom anna å etablere eit nasjonalt ungdomsnettverk mot hatefulle ytringar. I tillegg har kampanjen gjennomført workshopar for organisasjonar og frivillige, gjennomført rundebord, debattar og temakveldar.

Internasjonalt arbeid

Europarådet

Europarådet arbeider med sentrale politikkområde for BLD, som barne- og ungdomspolitikk, familiepolitikk, likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikk, valdsproblematikk, sosial tilhøyrsle og medborgarskap. For mandatperioden 2016–2017 har Bufdir representert Noreg i styringskomiteane for likestilling (GEC) og ungdomspolitikken (CDEJ) og i ekspertkomiteane for rettar for personar med funksjonsnedsetjing (CAHDPH) og barnerettar (CAHENF). Sentralt i arbeidet har vore å følgje opp og vidareutvikle Europarådets strategiar på dei respektive politikkområda. Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) har det overordna og koordinerande ansvaret for den norske deltakinga i komitéarbeidet til Europarådet.

EU/EØS

Noreg medverkar til ny politikk- og regelutvikling innan ramma for EU/EØS-samarbeidet, og omset europeiske initiativ og direktiv i nasjonale tiltak og regelverk.

Tre direktivforslag på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet frå Europakommisjonen er til handsaming i Råd og Parlament: ikkje-diskrimineringsdirektivet (2008), direktiv for balansert kjønnskvotering til bedriftsstyre (2012) og tilgjengelegheitsdirektivet («European Accessibility Act») (2015). Europakommisjonen har kalla tilbake forslaget om eit såkalla svangerskapsdirektiv (2008) og vil komme med eit nytt initiativ for betre balanse mellom familie- og yrkesliv i 2017. Direktiva og initiativa har alle det til felles at dei er EØS-relevante, og at dei vil kunne setje nokre rammer for politikkutviklinga i Noreg.

BLD har medverka til oppfølging av EUs strategiske rammer for utvikling av like moglegheiter for kvinner og menn, personar med funksjonsnedsetjingar og lhbti-personar der Noreg har samanfallande interesser, og der det er eit tydeleg samspel mellom nasjonale prioriteringar og deltaking i europeisk samarbeid.

Dette har mellom anna funne stad gjennom deltaking i Europakommisjonens høgnivågruppe for ikkje-diskriminering, likestilling og mangfald (GEG), høgnivågruppa om rettar for personar med funksjonsnedsetjing (DHLG) og Europakommisjonens rådgivande komité for like moglegheiter for kvinner og menn (ADV). BLD leier arbeidet i EFTAs arbeidsgruppe for familie, likestilling og ikkje-diskriminering (WG GEADFP).

Nordisk samarbeid

Noreg har formannskapen i Nordisk ministerråd i 2017, og tema for det norske formannskapen er Norden i omstilling, Norden i Europa og Norden i verda. BLD deltek i det nordiske samarbeidet på helse- og sosialområdet gjennom Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S). BLD deler representasjonen med Helse- og omsorgsdepartementet og Arbeids- og sosialdepartementet.

I MR-S er universell utforming, velferdsteknologi og utsette barn og unge blant temaa som er sett på formannsskapsprogrammet. Ministerrådsmøtet for sosial- og helsepolitikk under det norske formannskapen blei arrangert 30. mars 2017 i Oslo. Dei nordiske ministrane drøfta mellom anna brexit og EUs pilarar for sosiale rettar. Som ein del av den norske formannskapen har Noreg formannskapsrolla i Rådet for nordisk samarbeid om funksjonshinder (Rådet). Rådet er Nordisk ministerråds rådgivande organ for området og skal støtte dei ulike politikkområda. Som ein del av Norden i verden blei det arrangert eit sidearrangement om utvikling av indikatorar på området under statspartsmøtet i juni 2017.

BLD har eineansvar for og deltek i ministerrådet for likestilling (MR-JÄM), etter Danmarks formannskap i 2015 og Finland i 2016. Formannskapsprogrammet følgde rammene til samarbeidsprogrammet for 2015–2018, «Tilsammans för jämställdhet – ett starkare Norden». På likestillingsområdet følgde Finland i 2016 opp samarbeidsprogrammet og Danmarks arbeid ved å leggje vekt på arbeidet mot vald i nære relasjonar, kjønnslemlesting og menneskehandel. Finland har også vore oppteke av likestilling i det offentlege rommet og har hatt prosjekt om likestilling i media.

På likestillingsområdet (MR-JÄM) har BLD eit heilskapleg ansvar for sektorprogrammet. Noreg følgjer opp samarbeidsprogrammet for denne perioden (2015–2018), «Tilsammans för jämställdhet – ett starkare Norden». Under hovudoverskrifta «Likestilt Norden 2017» er dei norske prioriteringane på likestillingsområdet

  1. arbeidet for likestilling i arbeidslivet

  2. arbeidet mot vald

  3. arbeidet mot hatefulle ytringar

  4. arbeidet for at menn og gutar deltek i likestillingsarbeidet

Som ledd i formannskapsprogrammet blei det 7.–8. februar 2017 halde ein stor, nordisk konferanse i Oslo om likestilling i arbeidslivet. Hovudtemaet på konferansen var korleis endre den kjønnsdelte arbeidsmarknaden, korleis gjere at fleire kvinner med innvandrarbakgrunn deltek på arbeidsmarknaden, likestilling i leiing og likestilling internasjonalt. I tillegg til konferansen har Noreg vedteke at Det nordiske likestillingsfondet i 2017 skal prioritere prosjektsøknader om likestilling i arbeidslivet.

Dei nordiske likestillingsministrane har dei seinare åra vore særleg medvitne om auken av hatefulle ytringar i sosiale medium. Dette har resultert i at ministrane har teke felles, politiske initiativ på området. I 2016 fekk NIKK (Nordisk informasjon for kunnskap om kjønn) i oppdrag å utarbeide ei kunnskapsoversikt om juridiske tilhøve i alle dei nordiske landa og å utarbeide tilrådingar som gjeld juridiske og politiske tiltak på området. Rapporten blei ferdigstilt og lansert på ein internasjonal konferanse som formannskapslandet heldt i juni 2017. Ved sida av konferansen har BLD som ledd i Noregs formannskap også fått i ansvar å utarbeide informasjonsmateriell om hatefulle ytringar retta mot barn og unge i alderen 13–18 år. Ein norsk versjon blei presentert på konferansen i juni, og det vil etter kvart bli laga tilrettelagde versjonar for dei andre nordiske landa.

9. mai 2017 blei det årlege møtet for dei nordiske likestillingsministrane halde. Den store flyktningstraumen til Norden dei siste åra har gjort at NMR har dette temaet på dagsorden. På ministermøtet i Finland i 2016 diskuterte ministrane om ein såg likestillingsutfordringar knytte til den auka flyktningstraumen. Noreg la på ministermøtet sitt til rette for ein diskusjon om korleis ein kunne gjere at fleire innvandrarkvinner deltek på arbeidsmarknaden. Eit anna viktig tema på møtet for likestillingsministrane var arbeidet mot hatefulle ytringar. Rapporten frå NIKK og satsinga i Noregs formannskapsprogram er eit førebels toppunkt i det nordiske samarbeidet mot hatefulle ytringar.

Fråvær av vald og overgrep er ein føresetnad for likestilling mellom menn og kvinner. Dette er også viktig for Noreg som har starta eit prosjekt der ein undersøkjer korleis dei fem nordiske landa arbeider med å implementere Istanbulkonvensjonen. Island vil bidra til at menn og gutar medverkar i likestillingsarbeidet, ved å arrangere seminar om menn og helse, menn og utdanning og menn og maskulinitet.

BLD følgjer på embetsmannsnivå opp arbeidet mellom ministermøta i embetsmannskomiteane for høvesvis likestilling (EK-JÄM) og sosiale saker (EK-S).

Strategiar og tiltak for 2018

Diskrimeringsgrunnlaga

Likestilling mellom kvinner og menn

BLD har ansvar for å koordinere nasjonal oppfølging av FNs berekraftsmål nr. 5 om likestilling, sjå omtale i Del III.

Hausten 2017 skal Noreg ha dialogmøte med FNs kvinnediskrimineringskomité om Noregs 9. rapport til komiteen, som blei levert i februar 2016. BLD har ansvar for å samordne førebuinga til møtet.

Hovudtema for FNs kvinnekommisjon i 2018 er kvinner i rurale område. BLD og UD samarbeider om å førebu Noregs deltaking.

Arbeidsmarknaden er eit viktig område når det gjeld å skape reell likestilling. Styresmaktene og partane i arbeidslivet er einige om at trepartssamarbeidet må vere forankra i strukturen som er etablert. I arbeidsgruppe for likestilling i arbeidslivet vil styresmaktene og partane arbeide for likestilling mellom menn og kvinner i arbeidslivet.

CORE – Senter for likestillingsforsking skal framleis vere eit sentralt miljø for likestillingsforsking om arbeidslivet, med vekt på samspelet mellom familie og arbeidsliv. CORE skal byggje vidare på kompetansen som er bygd opp sidan 2013. Senteret skal drive forsking, kunnskaps- og nettverksbygging og formidling av forskingsresultat.

Reform – ressurssenter for menn, Likestillingssenteret på Hamar, KUN – senter for kunnskap og likestilling i Steigen og Senter for likestilling ved Universitetet i Agder er kunnskapssenter for å fremje likestilling og mangfald.

Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

I 2018 vil involverte sektordepartement arbeide vidare med gjennomføring av tiltaka i regjeringas lhbti-handlingsplan Trygghet, mangfold, åpenhet. Regjeringens handlingsplan mot diskriminering på grunnlag av seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk (2017–2020).

Bufdir vil fullføre eit indikatorsett på lhbti-området, og starte opp med ein serie regionale samlingar for å støtte opp under arbeidet med inkludering av lhbti-personar i kommunar og hos arbeidsgivarar.

Vedtak nr. 498, 7. mars 2017.

«Stortinget ber regjeringen igangsette en ny landsomfattende levekårsundersøkelse for lhbti-personer, og med bakgrunn i denne på egnet måte fremlegge sak for Stortinget om nødvendige tiltak.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med stortingshandsaminga av Dok 8:118 S (2015–2016), eit representantforslag om framlegging av ny lhbti-handlingsplan, våren 2017.

BLD vil i 2018 setje i verk ei brei, landsdekkjande undersøking av levekår blant lhbti-personar. Departementet vil, på bakgrunn av undersøkinga, komme tilbake til Stortinget på eigna måte.

Etnisitet, religion og livssyn

Hausten 2017 leverte Senter for studier av Holocaust og livssynsminoriteter (HL-senteret) ei undersøking av haldningane hos den norske befolkninga til jødar og andre minoritetar, og ein analyse av haldningane religiøse og etniske minoritetar har til kvarandre. I 2018 vil departementet i samarbeid med samarbeidsdepartementa på området vurdere korleis rapporten skal følgjast opp.

Bufdir vil halde fram arbeidet med å koordinere Forum om etnisk diskriminering. Bufdir vil òg vurdere forslaga i Fafo-rapporten Indikatorer på diskriminering av innvandrere, urfolk, og nasjonale minoriteter.

BLD koordinerer arbeidet med Noregs 23.–24. rapport til FNs rasediskrimineringskomité (CERD). Rapporten blei levert i september 2017, og gir ei oversikt over arbeidet styresmaktene har drive mot etnisk diskriminering dei siste fire åra.

Nedsett funksjonsevne

Fleire offentlege rapportar og analysar frå Difi har vist eit behov for betre samordning på sektoroverskridande politikkområde. Dette gjeld mellom anna politikken for personar ned nedsett funksjonsevne. Barne- og likestillingsdepartementet vil utarbeide ein strategiplan for betre samordning av politikken og betre gjennomføring av måla regjeringa har sett om likestilling av personar med nedsett funksjonsevne.

I samråd med departementa dette vedkjem, vil regjeringa følgje opp forslaga frå NOU 2016: 17 På lik linje. Sektoransvarsprinsippet skal liggje til grunn for oppfølginga.

Det er ikkje avklart når Noreg skal ha dialogmøte med FN-komiteen som overvaker FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. Noregs fyrste rapport blei levert til komiteen i juli 2015.

TryggEst

I 2017 blei Bufdir bedne om å setje i gang planlegging av eit prosjekt for å beskytte særleg sårbare vaksne mot vald og overgrep. Bufdir utvikla ein modell dei kallar TryggEst – eit tiltak basert på den britiske SOVA-modellen (Safeguarding of Vulnerable Adults). TryggEst er ein modell for risikoutsette vaksne over 18 år som kan ha behov for vern mot vald og overgrep. Dette kan vere personar som på grunn av eigen livssituasjon får eller burde ha fått tilbod om offentlege eller private tenester, og som i liten eller ingen grad er i stand til å ta vare på seg sjølve. Til dømes kan dette gjelde personar med fysisk, psykisk eller kognitiv funksjonsnedsetjing, høg alder, demens eller rusproblem. TryggEst skal gjere kommunane betre i stand til å ta hand om lovpålagde oppgåver på ein systematisk måte, og vil gi betre vern til risikoutsette vaksne. Regjeringa vil prøve ut modellen TryggEst i samarbeid med nokre kommunar. Bufdir er godt i gang med å planleggje oppstart av ein pilot. Det er oppnemnt eit prosjektstyre for arbeidet, og ei ekspertgruppe er òg i gang med planlegginga. Som ein del av Opptrappingsplanen mot vald og overgrep føreslår departementet ei løyving på 5 mill. kroner i 2018 til arbeidet med TryggEst.

Universell utforming

Regjeringas handlingsplan for universell utforming 2015–2019 blir følgd opp i 2018. Hovudtemaet er IKT og velferdsteknologi, der eit viktig tiltak er informasjon om kvardagsteknologi til forbrukarane.

Langsiktige tiltak for å styrkje arbeidet med universell utforming i kommunane, høgare utdanning, design og formgiving og i standardisering held fram. Departementet vil i 2018 gi tilskot til KS til nettverk for universell utforming i kommunesektoren, Norsk design- og arkitektursenter for innovasjonstiltak og kompetanseheving av formgivarar og Standard Norge for utvikling av universell utforming innan standardisering.

Mengda og kvaliteten på statistikk og indikatorar for universell utforming er aukande. Nokre område, til dømes bygningar og uteområde, er meir krevjande enn andre når det gjeld å hente inn data. Arbeidet med å få betre data og indikatorar vil halde fram i 2018.

Oversikt over status for universell utforming i dei ulike sektorane er avgjerande for å kunne etablere strategiar og fastsetje mål for universell utforming av samfunnet. Arbeidet med å utvikle og etablere sektorvise strategiar og mål for universell utforming vil halde fram i 2018.

Bufdir vil ha ei sentral rolle i å koordinere og følgje opp handlingsplanen på direktoratsnivå og vareta kompetanse på tvers av sektorane. Bufdir forvaltar tilskotsordningar som skal stimulere arbeidet med universell utforming i offentleg og privat verksemd. Ordningane skal mellom anna gi kommunane handlingsrom til å utvikle universell utforming i verksemda si.

Vedtak nr. 106, 5. desember 2012

«Stortinget ber regjeringen legge fram forslag om en fremdriftsplan for å nå den vedtatte visjonen om et universelt utformet samfunn frem mot 2025.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med behandlinga av Prop. 1 S (2012–2013), og har bakgrunn i visjonen om eit universelt utforma samfunn fram mot 2025 frå Handlingsplan for universell utforming og økt tilgjengelighet (2009–2013).

Regjeringa la 29. januar 2016 fram Regjeringens handlingsplan for universell utforming (2015–2019), som har hovudvekt på IKT og velferdsteknologi. I tillegg blir arbeid på sentrale samfunnsområde som bygg, planlegging, uteområde og transport fulgt opp. Statsbygg har som overordna mål at alle byggjeprosjekt skal vere i samsvar med prinsippa om universell utforming, og at alle bygga dei forvaltar skal vere universelt utforma innan år 2025. For å nå dette målet har Statsbygg laga ein handlingsplan for dette arbeidet for perioden 2017–2021.

Departementet har motteke ein rapport frå Bufdir som viser ulike framtidsscenario for å få eit meir universelt utforma samfunn. Rapporten er utarbeidd med deltaking frå offentlege instansar, interesseorganisasjonar for personer med funksjonsnedsetjing og fagmiljø.

Departementet finn at rapporten gjev grunnlag for å greie ut eit meir konkret vegkart som syner korleis det er mogleg å gå fram for å oppnå universell utforming. Departementet har gjeve Bufdir i oppdrag å utarbeide dette i samråd med interesseorganisasjonar for personer med funksjonsnedsetjing.

Overgripande tema som gjeld likestilling og ikkje-diskriminering

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir)

Bufdir er eit gjennomføringsorgan for likestillingspolitikken, og skal bidra til å styrkje kompetansen i kommunar og andre sektorstyresmakter om likestilling og ikkje-diskriminering. Bufdir skal i 2018 halde fram arbeidet med å samle og systematisere dokumentasjon og statistikk som gjeld likestilling mellom kvinner og menn. Direktoratet skal både vurdere eksisterande indikatorar og utvikle nye. Nye indikatorar skal publiserast på heimesida til Bufdir. Arbeidet skal sjåast i samanheng med indikatorarbeidet på andre diskrimineringsgrunnlag, og knytast til rapporteringa om internasjonale konvensjonar. I arbeidet med utvikling av indikatorar på likestilling har direktoratet inngått ein rammeavtale med SSB om koordinering av likestillingsrelatert statistikk for perioden 2016–2018.

Felles likestillings- og diskrimineringslov

Lov om likestilling og forbod mot diskriminering vil tre i kraft 1. januar 2018. I Prop. 81 L (2016–2017) Lov om likestilling og forbud mot diskriminering har regjeringa varsla nokre spørsmål som vil bli følgde opp etter at lova er vedteken.

Lova gjeld i utgangspunktet i heile riket. Det er gjort nokre unntak frå virkeområdet for reglane om universell utforming, individuell tilrettelegging og aktivt arbeid for likestilling. Dei gjeld ikkje på Svalbard og Jan Mayen. Lova gir heimel for å vedta forskrift om at reglane om universell utforming, individuell tilrettelegging og aktivt arbeid likevel skal gjelde for desse områda. Departementet vil, i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet, gå i dialog med Longyearbyen lokalstyre for å vurdere om ei slik forskrift bør bli vedteken.

Likestillings- og diskrimineringslova § 26 opnar for straff for grov diskriminering på grunn av etnisitet, religion eller livssyn. Departementet vil, i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet, ta initiativ til ein større gjennomgang av det strafferettslege vernet mot diskriminering, både i likestillings- og diskrimineringslova og straffelova.

EU vedtok 26. oktober 2016 eit direktiv om tilgjenge på nettsidene og mobilapplikasjonane til offentlege verksemder. Departementet vil vurdere korleis krava i direktivet best kan gjennomførast i norsk rett på arbeidslivsområdet.

Vedtak nr. 1119, 21. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen bevare aktivitets- og redegjørelsesplikten, samt styrke den ved å følge opp Skjeie-utvalgets anbefalinger til endringer, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte med en sak om dette.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med stortingshandsaminga av Prop. 81 L (2016–2017) Lov om likestilling og forbud mot diskriminering (likestillings- og diskrimineringsloven), jf. Innst. 401 S (2016–2017). Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Hatefulle ytringar

Utvikling av kunnskap om hatefulle ytringar er ein viktig del av oppfølginga av regjeringa sin strategi mot hatefulle ytringar. Langsiktig og målretta kunnskapsutvikling skal gi eit godt grunnlag for det vidare arbeidet mot hatefulle ytringar.

Departementet vil byggje vidare på dialogen med sivilt samfunn mellom anna gjennom konferansar og gjennom referansegruppa til strategien.

Det skal lagast ein lettlesversjon av strategien. Strategien skal reviderast årleg.

Departementet har gitt støtte til Stopp hatprat-kampanjen sidan 2014. Organisasjonen gjer eit godt arbeid, særleg retta mot unge menneske. Organisasjonen har valt ut og gitt opplæring til unge menneske som Stopp hatprat-ambassadørar. Det er viktig at dette arbeidet held fram, slik at Stopp hatprat-arbeidet blir gjort synleg over heile landet. Departementet ønskjer å oppretthalde støtta til arbeidet i 2018.

Internasjonalt arbeid

Europarådet

Europarådssamarbeidet handlar om å sikre norske og europeiske borgarar like moglegheiter og grunnleggjande rettar i Europa uavhengig av kjønn, etnisitet, religion eller livssyn, nedsett funksjonsevne eller seksuell orientering, kjønnsidentitet eller kjønnsuttrykk. Arbeidet med å sikre barnerettar i tråd med barnekonvensjonen og Europarådets strategiar for barnerettar er ei viktig prioritering.

Europarådet har strategiar for rettane til barn og personar med nedsett funksjonsevne, likestilling mellom kvinner og menn og tilrådingar på andre grunnlag og som strekkjer seg utover Europarådets programperiode 2018–2019. Det er derfor viktig med kontinuitet i Europarådets arbeid framfor å introdusere ei rekkje nye problemstillingar og prioriteringar for Europarådets program- og budsjettperiode 2018–19.

Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) har det overordna og koordinerande ansvaret for Europarådsarbeid, medan Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) representerer Noreg i Europarådets styringskomitear.

EU/EØS

Noreg vil medverke til ny politikk- og regelutvikling innan ramma for EU/EØS-samarbeidet, og omset europeiske initiativ og direktiv i nasjonale tiltak og regelverk.

Fire direktivforslag på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet frå Europakommisjonen er til handsaming i Råd og Parlament og vil truleg framleis stå på dagsordenen i 2018. Dette gjeld ikkje-diskrimineringsdirektivet (2008), direktiv for balansert kjønnskvotering til bedriftsstyre (2012), EUs tilgjengelegheitsdirektiv («European Accessibility Act») (2015) og direktivet for betre balanse mellom familie- og yrkesliv (2017). Direktiva og initiativa har alle det til felles at dei er EØS-relevante, og at dei vil kunne setje nokre rammer for politikkutviklinga i Noreg.

BLD vil medverke til oppfølging av EUs strategiske rammer for utvikling av like moglegheiter for kvinner og menn, personar med funksjonsnedsetjingar og lhbti-personar der Noreg har samanfallande interesser, og der det er eit tydeleg samspel mellom nasjonale prioriteringar og deltaking i europeisk samarbeid.

I 2018 vil dette mellom anna finne stad gjennom deltaking i Europakommisjonens høgnivågruppe for ikkje-diskriminering, likestilling og mangfald (GEG), høgnivågruppa om rettar for personar med funksjonsnedsetjing (DHLG) og Europakommisjonens rådgivande komité for like moglegheiter for kvinner og menn (ADV). BLD leier arbeidet i EFTAs arbeidsgruppe for familie, likestilling og ikkje-diskriminering (WG GEADFP).

Nordisk samarbeid

Noreg deltek i det nordiske samarbeidet på sosial- og helseområdet ved representasjon i Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) og embetsgruppa på feltet (EK-S). Norsk representasjon er delt med ASD og HOD.

Omsynet til utsette barn og unge og politikken for personar med funksjonsnedsetjingar er sentrale tema for departementet i dette samarbeidet. I tillegg er likestilling og ikkje-diskriminering tema som er aktuelle å fremje også i helse- og sosialpolitikken.

I 2018 vil ein gjennomgang av sosialområdet vere viktig for arbeidet i MR-S/EK-S. Det same gjeld arbeidet med nordisk samanliknbar statistikk og indikatorar.

2018 er det siste året for MR-JÄMs samarbeidsprogram «Tilsammans för jämställdhet – ett starkare Norden» (2015–2018). I 2018 startar arbeidet med eit nytt samarbeidsprogram, som vil gjelde frå 2019 til 2022. Programmet vil innehalde nye tema for det nordiske samarbeidet for likestilling. Sverige har formannskapen i 2018 og ansvaret for at MR-JÄM tek ei avgjerd om neste samarbeidsprogram. Under formannskapen sin er Sveriges satsingar menn og likestilling, forsking på prostitusjon og menneskehandel, og utanlandsfødde kvinner på arbeidsmarknaden.

Delmål 3.2 Eit godt og effektivt handhevingsapparat

Resultatrapport 2016/2017

Likestillings- og diskrimineringsnemnda

Nemnda fekk 71 nye saker til handsaming frå Likestillings- og diskrimineringsombodet i 2016. Det er 27 færre saker samanlikna med 2015.

Det blei halde 12 møte og handsama til saman 60 saker i nemnda i 2016. I tillegg har 14 saker blitt trekte frå handsaming i nemnda.

Gjennomsnittleg sakshandsamingstid var i 2016 på 31 veker. Sakshandsamingstida er ikkje blitt redusert frå 2015.

Endringar i handhevingsapparatet

Departementet sette i 2015 i gang ei utgreiing av handhevingsapparatet, og i mars 2016 leverte PricewaterhouseCoopers (PwC) utgreiinga «Utredning av håndhevings- og virkemiddelapparatet på likestillings- og ikke-diskrimineringsområdet». I utgreiinga legg PwC fram forslag til ei ny organisering der pådrivarrolla og handhevingsrolla til Likestillings- og diskrimineringsombodet blir skilde frå kvarandre, og der saker berre skal handsamast i éin instans.

Departementet utarbeidde på grunnlag av utgreiinga eit høyringsnotat som blei sendt ut på brei høyring med frist 30. november 2016. Etter høyringa utarbeidde departementet Prop. 80 L(2016–2017) Lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombudsloven). Lova blei vedteke i Stortinget 16. juni 2017. Den nye lova inneber at pådrivarrolla og handhevingsrolla til Likestillings- og diskrimineringsombodet blir skilde frå kvarandre. Lovhandhevingsoppgåvene skal overførast til ei ny nemnd der alle sakene skal handsamast i éin instans (Diskrimineringsnemnda). Den nye nemnda skal ha mynde til å påleggje oppreising i saker som gjeld arbeidslivet, og erstatning i enkle saksforhold.

Strategiar og tiltak for 2018

For at diskrimineringslovgivinga skal vere effektiv, må handhevingsapparatet ha naudsynt gjennomslagskraft. Den nye lova inneber at pådrivarrolla og handhevingsrolla til Likestillings- og diskrimineringsombodet blir skilde frå kvarandre. Lovhandhevingsoppgåvene skal overførast til ei ny nemnd der alle sakene skal handsamast i éin instans (diskrimineringsnemnda). Den nye nemnda skal ha mynde til å påleggje oppreising i saker som gjeld arbeidslivet, og erstatning i enkle saksforhold. Derfor blir ei Diskrimineringsnemnd etablert i Bergen 1. januar 2018.

I samband med handsaminga av diskrimineringsombodslova gjorde Stortinget to oppmodingsvedtak:

Vedtak nr. 873, 12. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede hva opprettingen og eventuell flytting av ny nemnd vil kreve av ressurser, forutsatt at både nemnd og ombud skal ivaretas som sterke faglige miljø, og dernest styrke ombudets budsjett for 2018 i henhold til beregningene.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med stortingshandsaminga av Prop. 80 L (2016–2017) Lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombudsloven).

BLD har i samband med handsaminga av opprettinga av ny nemnd vurdert ressursane til nemnda og ombodet. Departementet har konkludert med at ombodet og nemnda ikkje treng ytterlegare styrking i budsjetta sine for å vidareføre verksemdene som sterke faglege miljø. BLD vil følgje situasjonen og utviklinga til ombodet og nemnda fremover.

Vedtak nr. 875, 12. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede et lavterskeltilbud for håndhevelse av forbudet mot seksuell trakassering.»

Oppmodingsvedtaket blei gjort i samband med stortingshandsaminga av Prop. 80 L (2016–2017) Lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombudsloven).

Departementet vil komme attende til Stortinget på eigna måte om korleis oppmodingsvedtaket vil bli følgt opp.

Nærare om budsjettforslaget

Utgifter under programkategori 11.40 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

870

Sekretariatet for Diskrimineringsnemnda

5 705

6 413

18 611

190,2

871

Likestilling og ikkje-diskriminering

46 804

50 649

54 267

7,1

872

Nedsett funksjonsevne

239 120

246 269

252 844

2,7

873

Likestillings- og diskrimineringsombodet

52 856

53 907

42 929

-20,4

Sum kategori 11.40

344 485

357 238

368 651

3,2

Utgifter under programkategori 11.40 fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

01-23

Drift

27 478

30 437

44 960

47,7

50-59

Overføringer til andre statsregnskaper

52 856

53 907

42 929

-20,4

70-98

Overføringer til private

264 151

272 894

280 762

2,9

Sum kategori 11.40

344 485

357 238

368 651

3,2

Kap. 870 Sekretariatet for Diskrimineringsnemnda

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

5 705

6 413

18 611

Sum kap. 0870

5 705

6 413

18 611

Status for verksemda

Kompetansen og oppgåvene til Likestillings- og diskrimineringsnemnda er regulerte i diskrimineringsombodslova med tilhøyrande forskrift.

Stortinget vedtok 16. juni 2017 lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (diskrimineringsombodslova), jf. Prop. 80 L (2016–2017). Lova erstattar lov nr. 40 av 10. juni 2005 om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda og trer i kraft 1. januar 2018. Ny diskrimineringsombodslov inneber at lovhandhevingsoppgåvene blir skilde ut frå Likestillings- og diskrimineringsombodet frå 1. januar 2018. Lovhandhevingsoppgåvene skal overførast til ei ny nemnd, der alle sakene skal handsamast i éin instans (Diskrimineringsnemnda). Den nye nemnda skal handsame lov om likestilling og forbod mot diskriminering. Nemnda er eit sjølvstendig forvaltingsorgan som administrativt ligg under Barne- og likestillingsdepartementet. Nemnda skal bestå av tre avdelingar som kvar skal bestå av ein leiar og to medlemmer. Det skal i tillegg nemnast opp seks varamedlemmer til den nye nemnda. Departementet kan ikkje gi instruks om eller gjere om utøvinga av mynde i handsaminga av einskildsaker.

Nemnda har eit eige fagleg sekretariat som førebur møta, legg fram saker og utarbeider utkast til vedtak etter rådslåing i nemnda.

Nemnda kan gjere vedtak eller gi fråsegn om at det ligg føre brot på dei lovene nemnda er sett til å handheve. Likestillings- og diskrimineringsnemnda kan gi påbod om at det diskriminerande tilhøvet skal stansast eller rettast.

Likestillings- og diskrimineringsombodet skal ikkje lenger ivareta lovhandsamingsoppgåver. Budsjettmidlane Likestillings- og diskrimineringsombodet har nytta til lovhandsamingsoppgåver, er derfor i budsjettforslaget for 2018 føreslått overførte til Sekretariatet for Diskrimineringsnemnda.

Post 01 Driftsutgifter

Posten dekkjer utgifter til lønn for tilsette og andre driftsutgifter ved Sekretariatet for Diskrimineringsnemnda i tillegg til godtgjersle med meir til nemndmedlemmer og til eventuelle vitne og sakkunnige som blir kalla inn. Som følgje av overføring av lovhandsamingsoppgåver til den nye Diskrimineringsnemnda er løyvinga føreslått auka med 12,2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 873 Likestillings- og diskrimineringsombodet post 50.

Departementet føreslår ei samla løyving på 18,6 mill. kroner i 2018.

Kap. 871 Likestilling og ikkje-diskriminering

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

11 156

9 601

11 611

70

Likestilling mellom kjønn, kan nyttast under post 21

13 056

17 996

20 982

72

Lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interkjønn

10 967

11 274

11 578

73

Likestillingssentre

8 008

8 232

6 454

79

Internasjonalt likestillings- og ikkje-diskrimineringsarbeid, kan overførast

3 617

3 546

3 642

Sum kap. 0871

46 804

50 649

54 267

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 70

Forskings- og utviklingsmidlane på posten blir nytta til å finansiera større og mindre einskildprosjekt av særleg relevans på områda likestilling og ikkje-diskriminering. Delar av løyvinga i 2018 er planlagt nytta til ei levekårsundersøking for lhbti-personar og styrking av strategien for hatefulle ytringar.

BLD føreslår å redusere posten med 0,7 mill. kroner mellom anna som følgje av at arbeidet med ny samla lov og nytt handhevingsapparat på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet er avslutta. Som del av opptrappingsplanen mot vald og overgrep føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 2,5 mill. kroner til å prøve ut ein modell, TryggEst, for handtering av vald og overgrep mot risikoutsette vaksne. I tillegg kjem 2,5 mill. kroner på post 70 til same tiltak. Sjå omtale av opptrappingsplanen under Programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Departementet føreslår ei samla løyving på 11,6 mill. kroner i 2018.

Post 70 Likestilling mellom kjønn, kan nyttast under post 21

Posten blir nytta til ei tilskotsordning som blir forvalta av Bufdir. Vidare blir posten nytta til tilskot til særskilde tilskotsmottakarar, som blir forvalta av Bufdir og departementet.

Tilskotsmidlane på posten skal nyttast til einskildtiltak og -prosjekt og til frivillige organisasjonar. Løyvinga har vore nytta til driftstilskot (grunnfinansiering) til Reform – ressurssenter for menn og til Senter for likestilling ved Universitetet i Agder.

Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål (FOKUS) har bidrege til ulike aktivitetar på ansvarsområdet til departementet. Det er gitt tilskot til prosjekt i regi av Kilden informasjonssenter for kjønnsforskning.

Tilskotsordninga Familie- og likestillingspolitiske organisasjonar blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitt av departementet. Ordninga omfattar drifts- og aktivitetstilskot. Retningslinjene for aktivitetstilskot blei endra frå 2016. Departementet legg til grunn at hovudtrekka i retningslinjene for drifts- og aktivitetstilskot blir vidareførte i 2018.

Departementet har fastsett desse overordna rammene for ordninga:

Mål og kriterium for måloppnåing

Målet med tilskotsordninga er å sikre drift, bidra til mangfald og skape større aktivitet i frivillige organisasjonar som arbeider med familie- og likestillingspolitikk. Med likestilling meiner ein i denne samanhengen likestilling mellom kjønna.

Tilskotsordninga skal leggje til rette for at frivillige organisasjonar får høve til å setje dagsorden, supplere og korrigere det familie- og likestillingspolitiske arbeidet til styresmaktene, utvikle demokratiet, skape deltaking og bidra til kunnskap, debatt og haldningsendringar.

Det blir kravd rapport for gjennomført arbeid, rekneskap og resultat. Måloppnåing blir vurdert ut frå dette og føresetnadene i tilskotsbrevet.

Kriterium for tildeling

Tilskotsordninga omfattar drift av frivillige organisasjonar som har familie- og likestillingspolitisk arbeid som kjerneverksemd, og som kan dokumentere dette med vedtekter, målsetjingar og planar.

Ein kan òg gi aktivitetstilskot til tiltak/prosjekt som kan skape merksemd, informasjon/kunnskap, debatt og haldningsendringar om familie- og likestillingspolitiske spørsmål.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med tildelingsvilkåra. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere at tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2018

Departementet føreslår å gi tilskot til desse særskilde tilskotsmottakarane:

  • Kjernemiljø for likestillingsforskning – CORE

  • Jenter og teknologi, i regi av NHO

  • Reform

  • Senter for likestilling ved Universitetet i Agder

  • FOKUS

  • Kilden informasjonssenter for kjønnsforskning

  • Norske Kvinners Sanitetsforening

  • Innsats mot hatefulle ytringar – Stopp hatprat!-kampanjen i regi av Norges Handikapforbund

Alle tilskot blir vurderte på bakgrunn av søknader frå tilskotsmottakarane.

Som ein del av opptrappingsplanen mot vald og overgrep føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 2,5 mill. kroner til å prøve ut ein modell, TryggEst, for handtering av vald og overgrep mot risikoutsette vaksne. Midlane skal mellom anna nyttast som stimuleringsmidlar til deltakande kommunar. Departementet vil i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2018 komme attende til tildelinga av midlane. I tillegg kjem 2,5 mill. kroner på post 21 til same tiltak. Sjå omtale av opptrappingsplanen under programkategori 11.10.

Departementet føreslår ei samla løyving på 21 mill. kroner i 2018.

Post 72 Lesbiske, homofile, bifile, trans- og interkjønnpersonar

Løyvinga skal nyttast til tilskotsordninga Betre levekår og livskvalitet for lesbiske, homofile, bifile, trans- og interkjønnpersonar (lhbti).

Ordninga omfattar tilskot til tidsavgrensa aktivitetar drivne av frivillige organisasjonar og andre som arbeider for å betre levekåra og livskvaliteten for lesbiske, homofile, bifile, trans- og interkjønnpersonar. Ordninga omfattar også driftstilskot til dei landsdekkjande lhbti-organisasjonane i tillegg til regelmessige aktivitetar for å betre levekåra og livskvaliteten for lhbti-personar.

Ordninga blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitt av departementet. Departementet legg til grunn at hovudtrekka i retningslinjene for drifts- og aktivitetstilskot blir vidareførte i 2018.

Departementet har fastsett desse overordna rammene for ordninga:

Mål og kriterium for måloppnåing

Ordninga skal medverke til mangfald og skape auka aktivitet blant organisasjonar som arbeider innanfor dette området. Tidsavgrensa og permanente aktivitetar kan få tilskot og støtte. Det overordna målet er å betre levekåra og livskvaliteten til lesbiske, homofile, bifile, trans- og interkjønnpersonar. Tilskotsordninga skal gjere det lettare for lhbti-organisasjonar å drive interessepolitisk arbeid og gi service til eigne medlemmer.

Det blir kravd rapport for gjennomført arbeid, rekneskap og resultat. Måloppnåing blir vurdert ut frå dette og føresetnadene i tilskotsbrevet.

Kriterium for tildeling

Tilskotsordninga omfattar frivillige organisasjonar og andre aktørar som arbeider for betre levekår og livskvalitet blant lesbiske, homofile, bifile, trans- og interkjønnpersonar. For organisasjonar som får driftsstøtte, vil det bli lagt vekt på at organisasjonane er av og for lhbti-personar, og at dei arbeider for samfunnsmessig likestilling og deltaking for gruppa dei organiserer.

Tilskot til aktivitetsstøtte blir gitt etter ei samla vurdering med utgangspunkt i føremål og mål for ordninga.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Departementet og Riksrevisjonen kan kontrollere om tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2018

Departementet føreslår ei samla løyving på 11,6 mill. kroner i 2018.

Post 73 Likestillingssenter

Løyvinga delfinansierer Likestillingssenteret, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet i Hamar, og verksemda ved KUN – senter for kunnskap og likestilling, som blir drifta av stiftinga Kvinneuniversitetet i Nord og er lokalisert i Steigen.

BLD føreslår å redusere desse driftstilskota med 2 mill. kroner i 2018, fordelte likt mellom dei to sentera, med 1 mill. kroner på kvar. Tilskotet er føreslått redusert for at departementet skal kunne prioritere andre område i budsjettet .

Departementet føreslår ei samla løyving på 6,4 mill. kroner i 2018.

Post 79 Internasjonalt likestillings- og ikkje-diskrimineringsarbeid, kan overførast

Løyvinga dekkjer den norske deltakinga i EU-program innan Programkategori 11.40.

Noreg har delteke i det fleirårige EU-programmet PROGRESS (2007–2013). Programmet inneheldt desse områda: sysselsetjing, sosialt vern og inkludering, arbeidsvilkår, arbeid mot diskriminering og for mangfald. Noreg har vidare delteke i EU-handlingsprogrammet for å førebyggje og kjempe mot vald mot barn, ungdom og kvinner og for å verne valdsoffer og risikogrupper (Daphne III 2007–2013). Det overordna målet for programmet er å medverke til å verne barn, ungdom og kvinner mot alle former for vald og å oppnå eit høgt nivå for helsevern, velferd og sosial utjamning.

Sjølv om programma blei formelt avslutta i 2013, held nokre aktivitetar fram, og deltakarlanda vil kunne ha økonomiske forpliktingar i 3–5 år etter avslutningsåret.

Storleiken på dei årlege bidraga til EU-kommisjonen varierer med ulike faktorar, som aktiviteten under programma, EØS-budsjettet og valutautviklinga. Det kan derfor vere vanskeleg å berekne utgiftene.

Departementet føreslår ei samla løyving på 3,6 mill. kroner i 2018.

Kap. 872 Nedsett funksjonsevne

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

10 617

14 423

14 738

70

Funksjonshemma sine organisasjonar

183 745

197 834

203 176

71

Universell utforming og auka tilgjenge , kan overførast, kan nyttast under post 21

29 756

27 534

28 277

72

Funksjonshemma sine levekår og livskvalitet

15 002

6 478

6 653

Sum kap. 0872

239 120

246 269

252 844

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under post 71

Løyvinga skal nyttast til målretta informasjons-, forskings- og utviklingstiltak som bidreg til å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne. Hovuddelen av løyvinga blir forvalta av Bufdir.

Departementet føreslår ei samla løyving på 14,7 mill. kroner i 2018.

Post 70 Funksjonshemma sine organisasjonar

Løyvinga skal nyttast til tilskotsordningane Funksjonshemma sine organisasjonar og Fritidstiltak for personar med nedsett funksjonsevne. Tilskotsordningane på posten blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitt av departementet.

Departementet har fastsett følgjande overordna rammer for ordningane:

Mål og kriterium for måloppnåing

Funksjonshemma sine organisasjonar

Føremålet med tilskotsordninga er å gi organisasjonane for funksjonshemma betre høve til å drive interessepolitisk arbeid og yte service til medlemmene sine mellom anna i form av lokale velferdstiltak. I tillegg skal ordninga gjere det lettare for paraplyorganisasjonane Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO) og Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO) å drive velferdspolitisk arbeid og yte service til medlemsorganisasjonane. Tilskotsordninga skal òg medverke til å styrkje organisasjonane når det gjeld sjølvhjelpsarbeid.

Det blir kravd rapport for gjennomført arbeid, rekneskap og resultat. Måloppnåing blir vurdert ut frå dette og føresetnadene i tilskotsbrevet.

Fritidstiltak for personar med nedsett funksjonsevne

Føremålet med tilskotsordninga er å gi organisasjonar / det sivile samfunnet høve til å gi personar med nedsett funksjonsevne gode ferie- og velferdstiltak.

Det blir kravd rapport for gjennomført arbeid, rekneskap og resultat. Måloppnåing blir vurdert ut frå dette og føresetnadene i tilskotsbrevet.

Kriterium for tildeling

Funksjonshemma sine organisasjonar

For å bli godkjend må organisasjonen ha meir enn 250 medlemmer. Det er unntak for organisasjonar som organiserer personar med nedsett funksjonsevne med ein sjeldan diagnose. Organisasjonen må ha medlemmer i minst fem fylke og ha vedtaksfesta at personar med nedsett funksjonsevne sjølve eller deira pårørande skal ha fleirtal i dei styrande organa.

Fritidstiltak for personar med nedsett funksjonsevne

Alle registrerte frivillige organisasjonar og stiftingar kan søkje. Løyvinga skal mellom anna gå til tiltak for barn og unge i regi av organisasjonar som er godkjende under regelverket Funksjonshemma sine organisasjonar.

Oppfølging og kontroll

Bufdir avgjer om organisasjonane har rett til tilskot, og gjer vedtak om tilskot. Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med tildelingsvilkåra. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere om tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2018

Departementet føreslår ei samla løyving på 203,2 mill. kroner i 2018.

Post 71 Universell utforming og auka tilgjenge, kan overførast, kan nyttast under post 21

Løyvinga skal nyttast til tiltak i Regjeringens handlingsplan for universell utforming (2015–2019), og primært til tiltak som går på tvers av sektorar. Ansvaret for eit universelt utforma samfunn kviler på ei rekkje departement, og arbeidet følgjer prinsippet om sektoransvar. BLD har ansvar for å koordinere arbeidet med handlingsplanen. I handlingsplanen står IKT og velferdsteknologi sentralt. Samstundes skal det kontinuerlege arbeidet på viktige samfunnsområde følgjast opp. Det gjeld mellom anna universell utforming av bygg, anlegg, uteområde og transport.

Departementet vil i 2018 gi tilskot til Standard Norge for utvikling av standardar for universell utforming, Norsk design- og arkitektursenter for innovasjonstiltak og kompetanseheving av formgivarar og KS til nettverksprosjekt for universell utforming i kommunesektoren.

Løyvinga skal òg nyttast til tilskotsordninga Universell utforming – kunnskapsutvikling, kompetanseheving og informasjon, som støttar arbeidet med universell utforming i handlingsplanen. Ordninga blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitt av departementet. Departementet legg til grunn at hovudtrekka i retningslinjene blir vidareførte i 2018.

Departementet har fastsett desse overordna rammene for ordninga:

Mål og kriterium for måloppnåing

Tilskotsordninga skal styrkje kunnskapsutveksling, kompetanseheving og informasjon om universell utforming på viktige samfunnsområde som planlegging, bygg, anlegg, uteområde, transport og IKT.

Det blir kravd rapport for gjennomført arbeid, rekneskap og resultat. Måloppnåing blir vurdert ut frå dette og føresetnadene i tilskotsbrevet.

Kriterium for tildeling

Aktuelle mottakarar er statlege, fylkeskommunale, kommunale og private institusjonar og verksemder, stiftingar, forskingsinstitusjonar og interesse- og fagorganisasjonar.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Bufdir og Riksrevisjonen kan kontrollere om tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2018

Departementet føreslår ei samla løyving på 28,3 mill. kroner i 2018.

Post 72 Funksjonshemma sine levekår og livskvalitet

Løyvinga skal nyttast til tilskotsordninga Tiltak for å betre levekåra og livskvaliteten til menneske med nedsett funksjonsevne.

Ordninga blir forvalta av Bufdir etter retningslinjer gitt av departementet.

Departementet har fastsett desse overordna rammene for ordninga:

Mål og kriterium for måloppnåing

Føremålet med tilskotsordninga er å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne.

Det blir kravd rapport for gjennomført arbeid, rekneskap og resultat. Måloppnåing blir vurdert ut frå dette og føresetnadene i tilskotsbrevet. Kriterium for tildeling

Tilskotsordninga omfattar frivillige organisasjonar og andre aktørar som arbeider for personar med nedsett funksjonsevne. Tiltak som er direkte retta inn mot å betre levekåra og livskvaliteten for personar med nedsett funksjonsevne, kan få støtte gjennom ordninga. Ein kan òg gi støtte til tiltak som skal medverke til debatt og haldningsendringar, skape deltaking og generere og spreie kunnskap.

Oppfølging og kontroll

Tilskotsmottakarar skal sende inn rekneskap og rapport som viser at midlane er brukte i samsvar med vilkåra for tildelinga. Tilskotsforvaltaren og Riksrevisjonen kan kontrollere om tilskotsmidlane er nytta etter føresetnadene, jf. løyvingsreglementet § 10 andre ledd og riksrevisjonslova § 12 tredje ledd. Evaluering blir vurdert ut frå krava i økonomiregelverket.

Budsjettforslag 2018

Departementet føreslår ei samla løyving på 6,6 mill. kroner i 2018.

Kap. 873 Likestillings- og diskrimineringsombodet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

50

Basisløyving

52 856

53 907

42 929

Sum kap. 0873

52 856

53 907

42 929

Status og hovudoppgåver for verksemda

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) er eit forvaltingsorgan med særskilde fullmakter, administrativt tilknytt BLD. Føremål og oppgåver går fram av diskrimineringsombodslova §§ 1 og 3.

Hovudoppgåva til LDO er å fremje likestilling og kjempe mot diskriminering uavhengig av mellom anna kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Ombodet gir òg rettleiing og er ein pådrivar for likestilling og mangfald.

I tillegg har ombodet ansvar for å overvake at norsk rett samsvarer med FNs kvinnekonvensjon (CEDAW), rasediskrimineringskonvensjonen (CERD) og konvensjon for rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD).

Ombodet handhevar i dag diskrimineringsforboda i likestillingslova, diskrimineringslova, diskriminerings- og tilgjengelova, diskrimineringslova om seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk, ikkje-diskrimineringskapittelet i arbeidsmiljølova og diskrimineringsforboda i bustadlova. Lovhandhevaroppgåvene fell bort frå 1. januar 2018. Dette er nærare omtalt under strategiar og tiltak.

Resultatrapport og strategiar

Resultatrapport 2016/2017

I 2016 fokuserte LDO på fire område for å skape eit meir likestilt samfunn utan diskriminering:

Relevant og god hjelp til mange

LDO skal hjelpe dei som blir utsette for diskriminering, og skal gi god, effektiv og relevant hjelp.

Det er ein føresetnad for eit effektivt likestillings- og diskrimineringsapparat at ombodet tek avgjerder av høg fagleg kvalitet, men også at sakene blir avgjorde innan rimeleg tid. Hovudprioriteten til LDO i 2016 har vore å få ned sakshandsamingstida for klagesakene. Heile organisasjonen har i 2016 arbeidd målretta med dette, og det har gitt resultat.

Gjennomsnittleg sakshandsamingstid for klagesaker har gått ned frå 245 dagar i 2015 til 185 dagar i 2016. For nye saker som kom inn i 2016, er gjennomsnittleg sakshandsamingstid 113 dagar. Talet på restansar er lågare enn nokon gong.

I 2016 har ombodet vidare fått gjennomført ei ekstern vurdering av saker der utsegna frå ombodet i ei sak er klaga inn til nemnda, og der nemnda har komme til ein annan konklusjon. Vurderinga blei utført av høgsterettsdommar Karin Bruzelius. Bakgrunnen for vurderinga var det særs høge talet av saker som blei gjorde om av nemnda i 2015. Konklusjonane frå vurderinga medfører ikkje behov for store endringar i arbeidet til ombodet. Rapporten kom likevel med nyttige innspel for mellom anna å bidra til at sakene blir best mogleg opplyste så tidleg som mogleg. Disse forslaga er no innarbeidde i sakshandsaminga til ombodet. Hittil i 2017 har nemnda i 87 prosent av sakene oppretthalde konklusjonen til ombodet.

Førebyggje diskriminering

Ombodet skal påpeike samfunnsskapte barrierar som hindrar like moglegheiter, det skal spreie informasjon om likestilling og diskriminering og ta initiativ til debattar om både status på området og ulike verkemiddel som kan brukast i arbeidet for eit meir likestilt samfunn.

Føredrag, arrangement, debattmøte og mediedekning er viktige verkemiddel for å skape engasjement for likestilling. LDO har mellom anna fokusert på hatkriminalitet og psykisk helse. Forsking på likestillings- og diskrimineringsfeltet, og Noregs forpliktingar etter FNs konvensjonar, er utgangspunkt for utspela til ombodet.

I 2016 heldt LDO rundt 250 føredrag og innlegg, ein markant auke frå 2014 og 2015 då talet var høvesvis 150 og 200. Likestillings- og diskrimineringsombodet heldt mellom anna ein serie føredrag for Forsvaret om temaet seksuell trakassering. I samband med innføring av allmenn verneplikt i Noreg var det eit ønske om å fokusere på å unngå seksuell trakassering. Ombodet heldt sju føredrag for om lag 3 000 soldatar. Tilbakemeldingane var gode, og samarbeidet med Forsvaret om å hindre seksuell trakassering vil halde fram i 2017.

LDO gjennomførte også arrangement om korleis ein kan motverke vald mot kvinner, partnardrap og hatytringar.

Ombodet fører tilsyn med dei lovpålagde aktivitets- og rapporteringspliktene og gir rettleiing om desse.

Endring gjennom samarbeid

For å lukkast i arbeidet med å hjelpe dei som har blitt utsette for diskriminering, og endre strukturane som skaper diskriminering, er LDO avhengig av å samarbeide med andre aktørar. I samband med strategiarbeidet i 2016 hadde ombodet tett kontakt med sivilt samfunn.

Samarbeid med sivilt samfunn styrkjer kunnskapen til ombodet om røynslene til dei som opplever diskriminering og mangel på likestilling. Aktørane er også viktige samarbeidspartnarar for ombodet i tilsynsarbeidet overfor norske styresmakter og i arbeidet med å skapa engasjement for likestilling.

LDO har eit brukarutval samansett av relevante interesseorganisasjonar innanfor dei prioriterte satsingsområda til ombodet. I 2016 blei det gjennomført fleire møte med brukarutvalet. Tema som blei diskuterte i møta, var mellom anna utgreiing om handhevingsapparatet, ein likestilt skule, kampen mot vald og ei felles likestillings- og diskrimineringslov.

Tilsyn med FN-konvensjonar

Som ledd i tilsynsarbeidet til ombodet spesielt etter CEDAW-konvensjonen deltok LDO på den årlege CSW (Commission on the Status of Women) i New York.

Ombodet sende i juli 2016 inn ein supplerande rapport til FN-komiteen for rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD-komiteen). Regjeringa rapporterte i 2015 til CRPD-komiteen. Dette var fyrste gong etter at Noreg ratifiserte CRPD-konvensjonen. Ombodet har rapportert inn at Noreg manglar ein politikk som sikrar at individet kan bestemme på eiga hand, som aktivt kjempar mot fordommar og stereotypiar, og som systematisk gjer samfunnet meir tilgjengeleg og inkluderande.

Strategiar og tiltak for 2018

Ny diskrimineringsombodslov trer i kraft 1. januar 2018. Lova inneber mellom anna at pådrivar- og handhevingsrolla til LDO blir skilde frå kvarandre. Lovhandhevingsoppgåvene skal overførast til ein ny nemnd der alle sakene skal behandlast i éin instans (Diskrimineringsnemnda). Likestillings- og diskrimineringsombodet vil som følgje av dette vere eit reindyrka ombod og pådrivarorgan. Budsjettmidlane LDO har nytta til lovhandhevaroppgåver, er i budsjettforslaget for 2018 føreslått flytta til den nye nemnda.

LDO held fram arbeidet for auka likestilling og mot diskriminering. I 2016 utarbeidde ombodet ein ny strategi for perioden 2017–2022, der dei viktigaste områda er arbeidsliv, skule og utdanning, helse, kjønnsbasert vald og hatkriminalitet. Det er gjort eigne analysar for utfordringane til gutar og menn.

Ombodet held fram med å arbeide for at alle som har plikter etter lovverket, skal kjenne til desse og ha kunnskap om korleis dei kan leggje til rette for likestilling og motarbeide diskriminering i praksis. LDO vil gi rettleiing til verksemder og vere ein pådrivar for likestilling og mangfald. Tilsynet med FN-konvensjonane skal framleis vere uavhengig, tilgjengeleg og effektivt.

LDO vil halde fram med å gi einskildpersonar god rettleiing.

Post 01 Basisløyving

Løyvinga skal dekkje lønn til dei tilsette og andre driftsutgifter. Som følgje av overføring av lovhandhevaroppgåver til den nye diskrimineringsnemnda er løyvinga føreslått redusert med 12,2 mill. kroner mot ein tilsvarande auke til nemnda på kap. 870 Sekretariatet for Diskrimineringsnemnda post 01.

Departementet føreslår ei løyving på 42,9 mill. kroner i 2018.

Programområde 28

Programkategori 28.50 Stønad ved fødsel og adopsjon

Mål

Regjeringa har som mål å ha ei foreldrepengeordning som gir foreldre valfridom og fleksibilitet til å velje den beste omsorgsløysinga for eigne barn. For 2018 gjeld desse måla:

Hovudmål

Delmål

2: Trygge rammer for familiane

2.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

Foreldrepengeordninga er ein viktig del av familiepolitikken. For ei samla framstilling av politikkområdet, sjå innleiinga til programkategori 11.10 Familie og oppvekst.

Resultatrapport og strategiar

Delmål 2.1: Valfridom og fleksibilitet for familiane

Barn og familiar er ulike og har ulike behov. Politikken skal fremje valfridom og fleksibilitet, og gjere det mogleg for familiane å velje dei løysingane som passar best for dei.

Resultatrapport 2016/2017

Uttak av foreldrepengar

Ein aukande del av foreldra vel 100 pst. foreldrepengar/dekningsgrad under foreldrepermisjonen i staden for 80 pst. foreldrepengar og lengre stønadsperiode. I figur 4.6 kan vi sjå at delen kvinner med dekningsgrad 100 pst. har auka frå 27 pst. i 2007 til 69 pst. i 2016. Aukinga heng sannsynlegvis saman med at 100 pst. dekningsgrad er meir økonomisk lønnsamt enn uttak med 80 pst. Det kan òg tyde på at lengda på stønadsperioden ved 100 pst. dekningsgrad er opplevd som tilstrekkeleg.

Figur 4.6 Delen kvinner med 100 pst. foreldrepengar/dekningsgrad, 2007–2016. Prosent

Figur 4.6 Delen kvinner med 100 pst. foreldrepengar/dekningsgrad, 2007–2016. Prosent

Kjelde:  Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Bruk av foreldrepengeordninga blant fedrar

Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet over menn og kvinner som har teke imot foreldrepengar i løpet av 2016, viser ein stadig nedgang i delen dagar fedrar tek ut, sett i høve til alle dagar med foreldrepengeutbetaling i 2016. Delen fedrar som tek ut meir enn 10 veker, er redusert frå 34,6 pst. i 2015 til 14 pst. i 2016, og delen som tek ut akkurat 10 veker (fedrekvoten etter regelendringa), er auka frå 19,3 pst. i 2015 til 39,2 pst. i 2016. Fedrar har over fleire år i størst grad valt å ta ut akkurat dei vekene som svarer til fedrekvoten. Denne tendensen heldt fram i 2015 og 2016.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har utarbeidd statistikk med utgangspunkt i fødselstidspunkt for barnet, der dei har følgt uttak av foreldrepengar over tre år. I og med at verknadstidspunktet for endringane i fedrekvoten har vore sett til 1. juli (frå 50 til 60 dagar 1. juli 2011, frå 60 til 70 dagar 1. juli 2013 og frå 70 til 50 dagar 1. juli 2014), har direktoratet sett på uttak for barn fødde innan det einskilde halvåret for dei nemnde åra. Fedrane mottek i stor grad foreldrepengar for eit tidsrom som er i samsvar med lengda på fedrekvoten. Til dømes tok 65 pst. av fedrane som fekk barn fyrste halvår 2014 ut akkurat fedrekvoten, det vil seie 14 veker med foreldrepengar, medan litt over 62 pst. av fedrane som fekk barn andre halvår 2014, tok akkurat den nye fedrekvoten på 10 veker. Fedrane med barn andre halvår 2014 kan framleis ha moglegheit til å ta ut foreldrepengar eit halvt år til (til barnet fyller 3 år), men dei aller fleste foreldrepengemottakarane nyttar heile permisjonstida innan barnet fyller to år.

Det gjennomsnittlege talet på dagar mor og far tek ut endrar seg i takt med regelverksendringar som omfattar fedrekvote og fellesperiode. I figur 4.7 kan vi sjå at det gjennomsnittlege talet på foreldrepengedagar far tek ut aukar når fedrekvoten aukar, og minkar når fedrekvota blir redusert. Familiar med barn født etter regelverksendringen i 2014 som valgte 100 pst. dekningsgrad tok i snitt ut i overkant av ein dag meir enn familiar med barn født før regelverksendringen i 2014 som valgte 100 pst. dekningsrad.

Figur 4.7 Gjennomsnittleg tal på dagar med foreldrepengar, mor og far

Figur 4.7 Gjennomsnittleg tal på dagar med foreldrepengar, mor og far

Kjelde:  Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Institutt for samfunnsforsking (ISF) har på oppdrag frå BLD utarbeidd rapporten Pappaperm? Fedre som ikke tar fedrekvote – hvor mange, hvem og hvorfor? ISF finn mellom anna at fedrar som er fødde utanfor Noreg, har høgare sannsyn for ikkje å ta ut foreldrepengar, at fedrar med låg utdanning har høgare sannsyn for ikkje å ta ut foreldrepengar, og at fedrar med høg utdanning har lågare sannsyn for ikkje å ta ut foreldrepengar. I den kvalitative delen av rapporten blir opplevd risiko knytt til jobb, inntekt, karriere, problem med Nav og søknadsskjema trekt fram som dei viktigaste grunnane til at fedrane med rett til fedrekvote ikkje tok ut (full) fedrekvote.

Likestilling i samspel mellom arbeid og familie er nærmare omtalt under delmål 3.1. Eit meir likestilt samfunn med like rettar.

Tabell 4.10 Fødslar og bruk av foreldrepengeordninga 2013–2016

2013

2014

2015

2016

Endring 2015–2016

Talet på fødslar

58 174

58 344

58 240

58 147

-93

Talet på levandefødde barn

58 995

59 084

59 058

58 890

-168

Uttak av foreldrepengedagar fordelt på kjønn (fødsel og adopsjon)

  • kvinner, prosent

78,3

77,0

78,5

80,8

2,3

  • menn, prosent

21,7

23,0

21,5

19,2

-2,3

Talet på kvinner med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

85 509

86 285

85 367

87 802

2 435

  • del av desse med 100 prosent lønnskompensasjon, prosent

58,9

65,3

68,6

69,1

0,5

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av kvinner ved fødsel

114

113

118

117

-1

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel

58 916

59 524

58 382

56 607

-1 775

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn ved fødsel

46

49

47

43

-4

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved fødsel (kr)

345 869

358 867

369 336

378 314

8 978

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved fødsel (kr)

395 232

407 591

422 018

428 760

6 742

Delen kvinner med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

5,6

5,5

5,4

5,1

-0,3

Delen menn med gradert uttak av foreldrepengar ved fødsel, prosent

24,0

24,8

23,9

22,8

-1,1

Talet på kvinner med svangerskapspengar

5 110

5 312

5 800

6 320

520

Talet på kvinner med minst éin dag foreldrepengar ved adopsjon

327

287

270

257

-13

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av kvinner ved adopsjon

89

98

99

99

0

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved adopsjon

288

228

221

199

-22

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn ved adopsjon

53

51

46

45

-1

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for kvinner ved adopsjon (kr)

369 210

399 425

411 198

443 689

32 491

Gjennomsnittleg foreldrepengegrunnlag for menn ved adopsjon (kr)

417 995

433 453

446 550

510 919

64 369

Talet på menn med minst éin dag med foreldrepengar ved fødsel utan rett til fedrekvote (mor har hatt eingongsstønad)

1 092

1 178

1 357

913

-444

Gjennomsnittleg uttak av foreldrepengedagar av menn utan rett til fedrekvote

80

80

81

83

2

Talet på personar med eingongsstønad ved fødsel

9 852

10 583

10 605

9 678

-927

Kjelde: SSB og Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Ny sjølvbeteningsløysing for foreldrepengar

Arbeids- og velferdsetaten er i gang med å utvikle ei gjenbrukbar vedtaksløysing for individbaserte ytingar dei forvaltar. Vedtaksløysinga vil, saman med plattforma for digitale sjølvbeteningsløysingar, nyttast til å lage nye løysingar for foreldrepengar og eingongsstønad. Prosjektperioden er 2016–2019.

Forvaltinga Arbeids- og velferdsetaten gjer av ytingane på ansvarsområdet til BLD, er nærare omtalt under delmål 2.1 Valfridom og fleksibilitet for familiane. Det er gjort nærare greie for IKT-moderniseringsprogrammet og anna utviklingsarbeid i Arbeids- og velferdsetaten i Prop. S (2017–2018) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Forenklingar i foreldrepengeordninga

I samband med IKT-moderniseringa i Arbeids- og velferdsetaten og utvikling av ny sjølvbeteningsløysing for foreldrepengar (Prosjekt 2) fremja Barne- og likestillingsdepartementet i september 2017 forslag til forenklingar i regelverket for foreldrepengar for Stortinget, sjå Prop. 168 L (2016–2017) Endringer i folketrygdloven (forenklinger i foreldrepengeordningen). Endringane vil gjere regelverket enklare å forstå for brukarane og mindre komplisert å forvalte for Arbeids- og velferdsetaten, men vil elles i liten grad innebere endringar for foreldra.

Stortinget vedtok 21. mars 2017 endringar i regelverket i kapittel 8 i folketrygdloven, jf. Prop. 37 L (2016–2017) og Innst. S 221 L (2016–2017). Lovendringane gir mellom anna grunnlag for større grad av automatisering av berekning av foreldrepengar. Endringane inneber at A-ordninga blir teken i bruk som grunnlag for å berekne inntekt.

Fordeling av foreldrepengar ved samlivsbrot

I februar 2017 fremja Barne- og likestillingsdepartementet forslag til endring i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd, jf. Prop. 62 L (2016–2017) Endringar i folketrygdlova og krisesenterlova (fordeling av foreldrepengar ved samlivsbrot med meir), for å styrkje moglegheitene for fedrar til å ta ut fedrekvote og vere saman med barnet etter eit samlivsbrot. Forslaget blei vedteke i Stortinget og tok til å gjelde 1. september 2017, jf. Innst. 260 L (2016–2017) og Lovvedtak 78 (2016–2017).

Formell undersøking i fedrar sin rett til foreldrepermisjon

EFTAs overvakingsorgan (ESA) har i brev 13. juli 2016 opna formell undersøking mot Noreg om fedrars rett til foreldrepengar. ESA konkluderer førebels med at den norske foreldrepengeordninga strir mot EØS-avtalen, fordi det er ulike reglar for mødrer og fedrar. Barne- og likestillingsdepartementet svarte ESA 10. oktober 2016 og meiner at ordninga ikkje strir mot EØS-avtalen. Saka er no til vurdering hos ESA.

Eingongsstønad ved fødsel

Kvinner utan rett til foreldrepengar får eingongsstønad ved fødsel og adopsjon. Stønaden er auka fleire gonger sidan 2013, og frå 1. januar 2017 blei satsen auka frå 46 000 til 61 120 kroner. Tal frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at omkring 9 700 personar fekk eingongsstønad i 2016. Dette er ein reduksjon på nærare 9 pst. frå 2015. Talet på personar med eingongsstønad har variert ein del frå år til år.

År

Sats

2013

35 263

2014

38 750

2015

44 190

2016

46 000

2017

61 120

Strategiar og tiltak for 2018

Ny sjølvbeteningsløysing for foreldrepengar

Arbeids- og velferdsetaten vil arbeide vidare med å utvikle ei ny sjølvbeteningsløysing for foreldrepengar og eingongsstønad. I tråd med planane som blei presenterte for Stortinget, tek ein sikte på å innføre nye moderniserte løysingar for desse ytingane frå og med 1. januar 2019.

Det er gjort nærare greie for IKT-moderniseringsprogrammet og anna utviklingsarbeid i Arbeids- og velferdsetaten i Prop. 1 S (2017–2018) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Forenklingar i foreldrepengeordninga

Departementet la i september 2017 fram ein lovproposisjon med forslag til endringar i foreldrepengeregelverket. Forslaga må sjåast i samanheng med IKT-moderniseringsarbeidet i Arbeids- og velferdsetaten, sjå resultatrapportering.

Vedtak nr. 683, 23. mai 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennomføre en evaluering av foreldrepermisjonsordningen for å avdekke i hvilken grad dagens ordning fremmer likestilling og sikrer likestilt foreldreskap.»

Dokumenta som ligg til grunn for vedtaket er representantforslag om nye tiltak for å fremje likestilling, jf. Dokument 8:62 S (2016–2017) og Innst. 277 S (2016–2017).

Departementet vil orientere Stortinget om oppfølginga på eigna måte.

Nærare om budsjettforslaget

Kap. 2530 Foreldrepengar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

18 573 093

19 810 000

19 960 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

444 690

612 000

605 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

471 496

495 000

490 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

57 164

54 000

58 000

Sum kap. 2530

19 546 442

20 971 000

21 113 000

Mål og kriterium for måloppnåing

Stønadene under kap. 14 i folketrygdlova skal sikre inntekt i samband med svangerskap, fødsel og adopsjon og gi støtte til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar.

Måloppnåing for ordninga blir mellom anna vurdert ut frå om ordninga blir forvalta i samsvar med lova og sakshandsamingstida i forvaltinga.

Tildelingskriterium

Tildelingskriteria er omtalte under dei einskilde budsjettpostane nedanfor og går òg fram av folketrygdlova kap. 14.

Oppfølging og kontroll

Foreldrepengar blir forvalta av Arbeids- og velferdsetaten, jf. tilsvarande punkt under kap. 844 Kontantstøtte.

Det blei foretatt ei brei gjennomgang av ordninga i NOU 2017: 6 Offentlig støtte til barnefamiliene, sjå nærare omtale under delmål 2.1 Valfridom og fleksibilitet for familiane.

Budsjettforslag 2018

Det er ikkje føreslått endringar i regelverket for foreldrepengar.

Satsen for eingongsstønad ved fødsel og adopsjon er føreslått nominelt vidareført og sett til 61 120 kroner.

Utgiftsoverslaga under kap. 2530 byggjer mellom anna på den siste befolkningsframskrivinga til Statistisk sentralbyrå. Ein reknar med at talet på barn i aldersgruppa for foreldrepengar vil bli noko redusert. Ein reknar òg med at oppteningsgrunnlaget for foreldra som får foreldrepengar, aukar litt meir enn lønnsveksten.

Departementet føreslår ei løyving på 21 113 mill. kroner under kap. 2530, postane 70–73.

Post 70 Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving

Foreldrepengar ved fødsel blir betalte ut etter reglane i folketrygdlova §§ 14-4 til 14-16. Det er eit vilkår for rett til foreldrepengar at stønadsmottakaren har vore yrkesaktiv med pensjonsgivande inntekt i minst seks av dei ti siste månadene før stønadsperioden tek til, jf. folketrygdlova § 14-6. Visse trygdeytingar, etterlønn, lønt utdanningspermisjon og avtening av militær- og sivilteneste blir likestilte med yrkesaktivitet etter denne regelen og gir oppteningsrett til foreldrepengar. Stønadsperioden ved fødsel er 49 veker med 100 pst. lønnskompensasjon eller 59 veker med 80 pst. lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Val av kompensasjonsnivå gjeld for begge foreldra og for heile stønadsperioden.

Inntekt over seks gonger grunnbeløpet i folketrygda (6 G) gir ikkje grunnlag for foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-7. Per 1. mai 2017 utgjer grunnbeløpet 93 634 kroner. Ettersom stønadsperioden med 100 pst. dekning er avgrensa til 49 veker, kan det maksimalt betalast ut 529 392 kroner per stønadstilfelle.

Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 10 veker øyremerkte til seg (mødrekvoten og fedrekvoten). Mor må starte permisjonen sin seinast tre veker før fødselen, og desse vekene kjem i tillegg til mødrekvoten. Bortsett frå dei vekene som er øyremerkte til kvar av foreldra, kan foreldra dele stønadsperioden mellom seg i samsvar med reglane i folketrygdlova § 14-13. Fellesdelen i stønadsperioden er på 26/36 veker avhengig av vald dekningsgrad.

Når berre far har rett til foreldrepengar, kan han ta ut inntil 40/50 veker dersom mor går ut i arbeid eller utdanning eller er for sjuk til å ta seg av barnet, jf. folketrygdlova § 14-14. Når mor har uførepensjon, kan far ta ut inntil 10 veker med foreldrepengar (tilsvarande fedrekvoten) utan at det blir stilt krav til aktiviteten til mor, jf. folketrygdlova § 14-14.

Foreldrepengar kan takast ut gradert i samsvar med ein skriftleg avtale med arbeidsgivaren om delvis arbeid, jf. vilkåra i folketrygdlova § 14-16. Folketrygdlova § 14-11 gir òg rett til å utsetje stønadsperioden når den som tek imot foreldrepengar er i arbeid på heiltid. Uttak av foreldrepengar må vere avslutta seinast innan barnet fyller tre år.

Under post 70 høyrer også svangerskapspengar som blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-4.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon blir ytt til kvinner som ikkje har tent opp rett til foreldrepengar, jf. folketrygdlova § 14-17. Stønaden er i 2017 på 61 120 kroner. Ved fleirbarnsfødslar og fleirbarnsadopsjonar blir det ytt éin eingongsstønad per barn. Departementet føreslår å vidareføre stønaden nominelt i 2018.

Post 72 Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving

Feriepengar av foreldrepengar blir gitt i samsvar med vilkåra i folketrygdlova § 14-8. Folketrygda yter feriepengar til arbeidstakarar med 10,2 pst. av utbetalte foreldrepengar for dei fyrste 12 vekene av kvar stønadsperiode, alternativt for 15 veker dersom det er valt 80 pst. lønnskompensasjon.

Post 73 Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving

Foreldrepengar ved adopsjon blir gitt etter vilkåra i folketrygdlova §§ 14-5 til 14-16 ved adopsjon av barn under 15 år. Ved adopsjon er stønadsperioden 46 veker med 100 pst. lønnskompensasjon eller 56 veker med 80 pst. lønnskompensasjon, jf. folketrygdlova § 14-9. Når begge foreldra har tent opp rett til foreldrepengar, har kvar av foreldra 10 veker øyremerkte til seg (fedrekvoten og mødrekvoten).

Sjå elles omtalen under post 70.

Til forsida