Prop. 1 S (2017–2018)

FOR BUDSJETTÅRET 2018 — Utgiftskapittel: 800–873, 2530 Inntektskapittel: 3842, 3847, 3855, 3856, 3858

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av særlege tema

5 Likestilling i budsjettet og oppfølging av aktivitets- og rapporteringspliktene

Barne- og likestillingsdepartementet (BLD) har som hovudoppgåver på dette feltet å:

  • forvalte dei nasjonale likestillings- og ikkje-diskrimineringslovene og sikre gjennomføring av internasjonale bindingar i form av menneskerettskonvensjonar og EU-direktiv i norsk rett

  • koordinere likestillings- og ikkje-diskrimineringspolitikken til regjeringa

  • bidra til utvikling av ein kunnskapsbasert politikk for likestilling og gode system for dokumentasjon og analyse av likestillingsstatus

Handhevingsapparatet for likestillings- og diskrimineringslovgivinga er Likestillings- og diskrimineringsombodet og Likestillings- og diskrimineringsnemnda. BLD forvaltar òg krisesenterlova, ekteskapslova og regelverk knytt til foreldrepengar i folketrygdlova. BLD er ansvarleg for å utarbeide og utvikle lovgiving på desse felta.

I tillegg forvaltar BLD ei rekkje tilskotsordningar som skal bidra til å fremje likestilling knytt til ulike grunnlag. Arbeidet mot vald i nære relasjonar er ein viktig del av innsatsen for å fremje likestilling.

BLD er òg ansvarleg for å følgje opp kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og barnekonvensjonen og dessutan FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. I tillegg skal BLD utarbeide nasjonale rapportar til dei internasjonale overvakingskomiteane. Likestillings- og diskrimineringsombodet har ein særskild og sjølvstendig tilsynsfunksjon for kvinnediskrimineringskonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. Barneombodet har same funksjon for barnekonvensjonen. Vidare er BLD ansvarleg for å følgje opp arbeidet med europarådskonvensjonar og EU-direktiv på dette feltet.

BLD skal systematisk samarbeide med andre departement for å samordne regjeringa sin innsats for likestilling og for å bidra til å nå likestillingspolitiske mål.

Arbeidet med kunnskapsutvikling, dokumentasjon og analyse inneber eit ansvar for å medverke til å utvikle kunnskap om likestilling og ikkje-diskriminering ut frå ulike diskrimineringsgrunnlag. Det inneber også eit ansvar for å etablere gode system for å dokumentere og analysere likestillingsstatusen på ei rekkje samfunnsområde og følgje med på utviklinga over tid. Alle departementa har ansvar for å skaffe fram kunnskap om likestilling på ansvarsområda sine i tråd med sektoransvarsprinsippet. For BLD er det viktig å ha oversikt over kunnskapen som finst.

BLD har gitt Fylkesmannen ansvaret for å vere pådrivar for at kommunane arbeider aktivt for å fremje likestilling knytt til ulike diskrimineringsgrunnlag. Offentlege og private verksemder har plikt til å ta omsyn til likestillings- og ikkje-diskrimineringsperspektiva både som tenesteytarar og som arbeidsgivarar på lokalt og regionalt nivå. Det er gjort nærare greie for gjennomførte aktivitetar, strategiar og tiltak på likestillings- og ikkje-diskrimineringsområdet under programkategori 11.40 i del II av budsjettproposisjonen.

Departementet ser det som viktig at likestillingspolitikken i størst mogleg grad blir gjennomført innanfor den einskilde sektoren, i ordinære system og i ordinære tiltak. Denne politikken følgjer også av internasjonale føringar som Noreg har slutta seg til. BLD følgjer den internasjonale utviklinga og er ansvarleg for å rapportere om situasjonen i Noreg i ulike internasjonale forum.

5.1 Familie- og oppvekstområdet

Begge foreldra er viktige omsorgspersonar for barna. Dette gjeld uavhengig av om foreldra bur saman eller ikkje. Regjeringa vil derfor leggje til rette for at begge foreldra skal ha høve til å vere likeverdige omsorgspersonar, både under samlivet, når samlivet blir løyst opp, og i tilfelle der foreldra aldri har budd saman. Regjeringa la i 2016 fram ein lovproposisjon for å fremje likestilt foreldreskap (Prop. 161 L (2015–2016). Lovendringane blei vedtekne våren 2017 og vil tre i kraft 1. januar 2018, med unntak av endringane om felles foreldreansvar for foreldre som ikkje bur saman når eit barn blir født, som vil tre i kraft seinare.

For å leggje til rette for likestilt foreldreskap og god dialog om korleis foreldrepermisjonen kan takast ut til beste for barnet mellom foreldre som ikkje bur saman, la regjeringa i 2017 fram forslag til endring i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd, jf. Prop. 62 L (2016–2017). Forslaget blei vedteke i Stortinget og tredde i kraft 1. september 2017.

5.2 Barnevernsområdet

Barn og unge i Noreg som lever under tilhøve som kan skade helsa og utviklinga deira, skal få hjelp og støtte, uavhengig av kjønn, landbakgrunn og opphaldsstatus, funksjonsevne og seksuell orientering, og utan omsyn til kvar i landet dei bur. Tal frå barnevernsstatistikken til Statistisk sentralbyrå for 2016 viser at det var fleire gutar enn jenter som tok imot tiltak frå barnevernet. Gjennom heile 2016 var det rundt 55 pst. gutar og 45 pst. jenter som fekk barnevernstiltak. Kjønnsfordelinga har vore stabil dei siste åra.

Det var relativt små kjønnsskilnader i 2016 både når det gjaldt talet på plasseringar i fosterheim og barnevernsinstitusjonar og bruken av fleire typar hjelpetiltak. Det var ein tendens til at gutar oftare enn jenter hadde hjelpetiltaka bustad med oppfølging, utdanning/arbeid og støttekontakt. Dei tok òg oftare imot behandlingstilbod som PMTO (foreldreopplæring). BLD og Bufdir vil i utviklinga av barnevernstiltaka framleis ta omsyn til tilrettelegging for begge kjønna der det er behov for det. For barnevernsinstitusjonane gjeld dette til dømes i arbeidet med internkontroll, kvalitetsarbeid og utviklinga av behandlingsmetodar.

5.3 Status i departementet og dei underliggjande verksemdene for 2016

Likestillingslova § 23, diskrimineringslova om etnisitet § 20, diskriminerings- og tilgjengelova § 24 og diskrimineringslova om seksuell orientering § 19 pålegg arbeidsgivarar ei aktivitetsplikt. Arbeidsgivarar skal arbeide aktivt og målretta for å fremje likestilling og hindre diskriminering ut frå kjønn, nedsett funksjonsevne, etnisitet, religion, livssyn, seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk. BLD legg vekt på likebehandling og ikkje-diskriminering i alle ledd i personalpolitikken. Dei nemnde lovene krev også at offentlege arbeidsgivarar rapporterer om innsatsen sin for likestilling og mot diskriminering. Tabellane under viser statusen for likestilling når det gjeld kjønn i BLD og dei underliggjande verksemdene.

Tabell 5.1 Barne- og likestillingsdepartementet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2016. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse

menn

kvinner

personar (N)

årsverk (N)

lønn1

Totalt i verksemda

33,1

66,9

169

161,6

93,2

Departementsråd

100,0

0

1

1,0

-

Ekspedisjonssjefar

50,0

50,0

4

4,0

100,3

Avdelingsdirektørar

37,5

62,5

16

16,0

95,9

Fagdirektørar

22,2

77,8

9

8,4

98,8

Utgreiingsleiar/prosjektleiar

20,0

80,0

5

5,0

101,7

Seniorrådgivarar

35,8

64,2

81

79,2

100,4

Rådgivarar

35,0

65,0

20

19,0

101,6

Seniorkonsulentar

16,7

83,3

6

6,0

90,2

Fyrstekonsulentar

25,0

75,0

24

20,0

101,1

Kommunikasjonssjef

0,0

100,0

1

1,0

-

Spesialrådgivar

100,0

0,0

1

1,0

-

Lærling

0,0

100,0

1

1,0

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.2 Barne- og likestillingsdepartementet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2016. Prosent

Deltid1

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon2

Legemeldt sjukefråvær3

M

K

M

K

M

K

M

K

totalt i verksemda

5,4

8,8

14,3

10,6

0,0

3,7

0,9

4,1

1 Prosentdelen kvinner og menn som arbeider mellombels deltid på grunn av graderte permisjonar (AAP, omsorg for barn, osv.)

2 Prosentdelen av dagar dei har vore i permisjon av avtalte dagsverk i heile 2016

Tabell 5.3 Barne-, ungdoms- og familieetaten (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2016. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse

menn

kvinner

personar (N)

årsverk (N)

lønn1

Totalt i verksemda

38,1

61,9

6 361

3 687

107,8

Direktørar og avdelingsdirektørar

46,8

53,2

41

37

99,7

Seksjonssjefar og arkivleiarar

29,3

70,7

51

49

96,9

Leiarar av institusjonar, familievernkontor

38,0

62,0

120

111

97,8

Avdelingsleiarar i institusjonar

26,7

73,3

210

186

99,3

Fagstillingar profesjonsutdanning/masternivå

23,7

76,3

877

669

96,9

Seniorrådgivarar og prosjektleiarar

66,1

33,9

515

429

98,5

Rådgivarar

19,5

80,5

543

434

100,0

Fagstillingar høgskule lågare grad

37,7

62,3

1981

975

99,0

Fyrstekonsulentar og seniorkonsulentar

11,5

88,5

205

157

105,2

Miljøarbeidarar

58,2

41,8

1652

551

100,1

Kontorstillingar og sakshandsamarar lågare nivå

12,4

87,6

132

74

114,7

Andre stillingar hushald, drift, reinhald

25,0

75,0

34

14

98,2

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.4 Barne-, ungdoms- og familieetaten (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2016. Prosent

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

18,9

17,9

32,9

44,6

0,2

1,7

6,5

8,6

Tabell 5.5 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2016. Prosent og tal (N).

Kjønnsbalanse

menn

kvinner

personar (N)

årsverk (N)

lønn1

Totalt i verksemda

28

72

138

130,1

80,4

Direktør

-

100

1

1,0

-

Dagleg leiar/fylkesnemndleiar

25

75

12

12,0

98,5

Fylkesnemndleiar

48

52

64

63,6

100,0

Rådgivar

-

100

3

3,0

-

Seniorrådgivar

-

100

2

2,0

-

Seniorkonsulent

-

100

11

10,6

-

Fyrstekonsulent

12

88

26

23,2

95,0

Konsulent

-

100

16

11,7

-

Kontorsjef/stabssjef/ prosjektleiar

100

-

3

3,0

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.6 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2016. Prosent

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

3

18

9

10

0

2

0,5

4,9

Tabell 5.7 Forbrukarombodet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2016. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse

menn

kvinner

personar (N)

årsverk (N)

lønn1

Totalt i verksemda

39

61

28

24,8

94

Toppleiing (ombod)

0

100

1

1,0

-

Mellomleiing (juridisk direktør, fagdirektør, avd.-direktør)

50

50

6

5,2

90

Seniorrådgivar

29

71

7

6,1

94

Rådgivar

50

50

10

9,5

98

Fyrstekonsulent/ konsulent/sekretær

25

75

43,0

112

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.8 Forbrukarombodet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2016. Prosent

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0,0

3,5

0,0

3,5

0,3

9,2

0,6

1,4

Tabell 5.9 Barneombodet (kjønn, lønn) per 31.12.2016. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse

menn

kvinner

personar (N)

årsverk (N)

lønn1

Totalt i verksemda

20,0

80,0

20,0

18,5

101,4

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.10 Barneombodet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2016. Prosent

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

0,0

18,8

0,0

31,3

0,0

0,0

0,0

0,4

Tabell 5.11 Likestillings- og diskrimineringsombodet (kjønn, lønn, stilling) per 31.12.2016. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse

menn

kvinner

personar (N)

årsverk (N)

lønn1

Totalt i verksemda

32

68

57

48

97,4

Toppleiing (ombod)

0

100

1

1,0

-

Avdelingsleiar

40

60

5

4,2

98,7

Fagdirektør

40

60

5

5,8

99,4

Seniorrådgivar

36

64

28

24,0

99,4

Rådgivar

20

80

15

11,8

100,6

Konsulent

0

100

2

0,9

-

Fyrstesekretær

100

0

1

0,2

-

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.12 Likestillings- og diskrimineringsombodet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2016. Prosent

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

11,1

2,6

11,1

2,6

3,2

5,2

5,2

1,9

Tabell 5.13 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet (kjønn, lønn) per 31.12.2016. Prosent og tal (N)

Kjønnsbalanse

M

K

personar (N)

årsverk (N)

lønn1

Totalt i verksemda

18

82

11

10,2

109

1 Lønna til kvinnene i prosent av lønna til mennene

Tabell 5.14 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet (deltid, tilsetjingsforhold, permisjon, legemeldt sjukefråvær, kjønn) per 31.12.2016. Prosent

Deltid

Mellombels tilsette

Foreldrepermisjon

Legemeldt sjukefråvær

M

K

M

K

M

K

M

K

Totalt i verksemda

50

0

50

0

0

20

0

0

5.4 Barne- og likestillingsdepartementet

BLD har som mål å vere ein likestilt og inkluderande organisasjon. Lokale og arbeidsverktøy skal vere universelt utforma, og medarbeidarar i senioralder skal ha like gode høve til jobbutvikling og kompetanseutvikling som andre medarbeidarar.

Departementet har i fleire år hatt som mål å rekruttere fleire menn, særleg til avdelingar og stillingstypar der prosentdelen kvinner er høg. BLD har sett i verk tiltak for å få fleire menn til å søkje stillingar i departementet. I 2016 var 30,9 pst. av søkjarane menn. Per 31.12.2016 er 66,9 pst. av dei tilsette kvinner og 33,1 pst. menn.

Når det gjeld rekruttering av personar med nedsett funksjonsevne og personar med innvandrarbakgrunn, er regelen i BLD at minimum éin søkjar skal kallast inn til intervju om han eller ho er formelt kvalifisert. Alle ledige stillingar blir òg lyste ut på nettstader for innvandrarungdom. I stillingsannonsane blei alle kvalifiserte søkjarar uavhengig av bakgrunn oppmoda om å søkje. Departementet bruker moderat kvotering av underrepresenterte grupper. BLD deltek i statens traineeprogram for personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne i 2016–2017.

BLD har gjennom IA-avtalen lagt opp til utvida bruk av støtteordningar som tilretteleggingstilskot, lønnstilskot og praksisplassar gjennom Nav.

Tabellen med tilstandsrapportering for BLD viser at kvinner samla sett tener 93,2 pst. av det menn tener.

Per 31. desember 2016 arbeidde 5,4 pst. av mennene og 8,8 pst. av kvinnene i BLD deltid. Tala refererer til prosentdelen av kvart kjønn som mellombels arbeider i ein mindre stillingsprosent på grunn av permisjon (til dømes delvis AAP/uføre eller omsorg for barn). Når det gjeld mellombelse tilsetjingar per 31. desember 2016, er prosentdelen menn med mellombels tilsetjing 14,3 pst., medan det tilsvarande talet for kvinner er 10,6 pst.

5.5 Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat)

Likestillingsperspektivet i Bufetat er integrert som ein viktig del i fleire prosessar internt i verksemda, mellom anna i personalpolitikken og rekrutteringspolitikken. Kvinnene utgjorde per 31. desember 2016 61,9 pst., og mennene utgjorde 38,1 pst. Forholdet mellom kjønna er uendra samanlikna med 2015.

Rekrutteringspolitikken har eit uttalt mål om balanse mellom kjønna i dei ulike stillingskategoriane på alle nivå i verksemda, men òg sett i samanheng med kjønnsfordelinga i den einskilde eininga/avdelinga/seksjonen. Bufetat følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar slik at ein oppmodar alle uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn om å søkje ledige stillingar. I tillegg blir søkjarar oppmoda til å opplyse om dei har funksjonshemmingar eller ikkje-vestleg bakgrunn.

Bufetat er representert med deltakarar i Statens mangfaldsnettverk saman med mange andre statlege verksemder, hovudsakleg direktorat. Statens mangfaldsnettverk har med økonomisk støtte frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane eit prosjekt som er sett i verk for å kartleggje rekrutteringspraksisen med omsyn til mangfald i verksemdene. I prosjektet skal det utarbeidast tiltak for å medverke til ein ikkje-diskriminerande rekrutteringspraksis i statlege verksemder.

Bufetat har ei relativt jamn lønnsfordeling mellom kvinner og menn innanfor dei ulike stillingskategoriane. I den grad ein kan peike på skilnader i lønn, går dei i favør av mennene i stillingsgruppa seksjonssjefar og fagstillingar på høgare nivå. I desse gruppene har kvinner 96,9 pst. av lønna menn har. Samla for verksemda tener kvinner 107,8 pst. av lønna til menn. Forklaringa må sjåast i samanheng med gruppa kontorstillingar og sakshandsamarar, som har mange kvinner som har stått lenge i stillinga og har betre lønn enn den relativt låge prosentdelen menn i denne gruppa. I Bufetat utgjer tilsette i vikariat og med mellombels tilsetjing 37,3 pst. av den totale arbeidsstokken per 31.12.2016. Dette er ein reduksjon på 1,7 prosentpoeng sidan 2015.

5.6 Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker

Per 31. desember 2016 var 28 pst. av dei tilsette menn. Hovudårsaka til den ujamne kjønnsfordelinga er at det i all hovudsak er kvinner som er tilsette i merkantile stillingar. Det er større grad av kjønnsbalanse i stillingsgruppa for nemndleiarar, der 52 pst. var kvinner.

Alle nemndleiarane har same lønn, uavhengig av kjønn. Dei som er daglege leiarar i tillegg til stillinga som nemndleiar, har eit tillegg som blir regulert av kor mange tilsette det er i nemnda dei leier.

Fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker følgjer dei sentrale føringane for å utforme stillingsannonsar slik at dei oppmodar alle uansett etnisk bakgrunn, kjønn og funksjonsevne til å søkje ledige stillingar. I tillegg blir kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn inviterte til intervju.

Det er eit mål at alle lokale skal vere universelt utforma og vere tilgjengelege for alle.

5.7 Forbrukarombodet

Kjønnsfordelinga hos Forbrukarombodet har i 2016 vore 61 pst. kvinner og 39 pst. menn. I mellomleiinga var halvparten menn og halvparten kvinner. For verksemda totalt er lønna til kvinner på 94 pst. av lønna til menn, men i éin stillingskategori ligg kvinner høgare enn menn.

I rutine for rekruttering og tilsetjing går det mellom anna fram at kunngjering av ledige stillingar må innehalde ei mangfaldserklæring der alle som er kvalifiserte, blir oppmoda til å søkje, uansett alder, kjønn, seksuell orientering, etnisitet og nedsett funksjonsevne. Forbrukarombodet er ei IA-verksemd og ønskjer breidde og mangfald i arbeidsmiljøet.

Til utlyste stillingar har det i 2016 vore 67,2 pst. kvinnelege søkjarar. 0,7 pst. av søkjarane hadde nedsett funksjonsevne. Forbrukarombodet hadde i 2016 to tilsette med ikkje-vestleg bakgrunn, noko som representerer om lag 7 pst. av dei tilsette.

Legemeldt sjukefråvær er redusert frå året før og er på 0,6 pst. for menn og 1,4 pst. for kvinner.

Forbrukarombodet utarbeidde nye nettsider i 2016. Her er krav til universell utforming varetekne.

5.8 Barneombodet

Situasjonen i 2016 var i det store og heile som i 2015. Barneombodet har gjennom fleire år hatt eit fleirtal av kvinnelege tilsette og per 31. desember 2016 var 80 pst. av dei tilsette kvinner. Trass eit sterkt ønske om betre kjønnsbalanse blei ubalansen større i løpet av året. Av dei fire medlemmene i leiargruppa er éin mann, resten er kvinner.

Personar med funksjonsnedsetjingar har ikkje vore å finne blant søkjarane til stillingane Barneombodet har lyst ut det siste året. 10 pst. av dei tilsette ved kontoret har ikkje-vestleg bakgrunn.

Barneombodet har ingen lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn, verken i leiargruppa eller fagstaben. Kvinner tener 101,4 pst. av lønna til menn på kontoret.

Det gjennomsnittlege kvartalsvise fråværet er redusert for både menn og kvinner – frå 0,8 og 1,0 pst. i 2015 til 0,0 og 0,4 pst. i 2016.

5.9 Likestillings- og diskrimineringsombodet

LDO er framleis ei kvinnedominert verksemd, trass høgt medvit om dette ved rekruttering til ledige stillingar. Frå 2015 til 2016 var det ei forbetring frå 26 til 32 pst. menn. Av 57 tilsette per 31. desember 2016 var 28 seniorrådgivarar, og av dei var 36 pst. menn. Av dei 5 fagdirektørane er 40 pst. menn. I dei lågaste stillingskodane er det flest kvinner. Kjønnsbalansen i mellomleiinga er endra sidan 2015, frå fire kvinner og éin mann til tre kvinner og to menn (40 pst. menn).

Den overordna personalpolitikken til LDO legg vekt på målet om mangfald, eit inkluderande arbeidsliv og godt tilgjenge. LDO skal leggje til rette for at tilsette i alle livsfasar får ein god arbeidssituasjon og kan utvikle seg gjennom heile yrkeskarrieren.

Staben til LDO skal spegle mangfaldet blant innbyggjarane gjennom

  • jamn kjønnsfordeling i verksemda

  • at det skal vere minst 40 pst. av kvart kjønn i leiarstillingane

  • at minst 15 pst. av dei tilsette i verksemda skal ha innvandrarbakgrunn

  • at minst 10 pst. skal ha nedsett funksjonsevne

LDO har både medarbeidarar med innvandrarbakgrunn og medarbeidarar med nedsett funksjonsevne. Måltala som er sette, er oppfylt.

Ombodet har ei mangfaldserklæring i stillingsannonsar og nyttar målretta rekrutteringskanalar for å oppnå måla. Dersom det er kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, skal minimum éin i kvar kategori inviterast til intervju. LDO nyttar òg til ein viss grad målretta rekrutteringskanalar.

Satsinga på likestilt rekruttering har to hovudmålsetjingar:

  1. å sørgje for at rekrutteringa er profesjonell, likestilt og ikkje-diskriminerande

  2. å sørgje for at LDO kan gi betre rettleiing om likestilt rekruttering eksternt

Som ein del av arbeidet har LDO vurdert sin eigen rekrutteringspraksis og utvikla eit rammeverk for likestilt rekruttering.

LDO har eit mål om likelønn mellom kjønna i verksemda. I nokre stillingskategoriar er det berre tilsett kvinner eller berre menn. Alle stillingar i LDO skal la seg kombinere med familieliv og omsorgsoppgåver.

Medarbeidarar som treng tilrettelegging, har fått det. Som del av arbeidet med ein tilretteleggingsplan har LDO etablert ei eiga ordning med samtalar for alle når dei byrjar i LDO, og undervegs i tilsetjingsforholdet. Føremålet med desse samtalane er å avdekkje individuelle behov.

5.10 Sekretariatet for Marknadsrådet og Forbrukartvistutvalet

Per 31. desember 2016 hadde sekretariatet elleve tilsette – ni kvinner og to menn. Det var ti heile stillingar og éi stilling på 20 pst. Stillinga på 20 pst. blei delt mellom ein mannleg og ein kvinneleg sekretær gjennom året. Sekretariatet har ikkje spesielle retningslinjer, planar eller liknande for likestillingsarbeidet.

Sekretariatet har ikkje lønnsforskjellar som kan knytast til kjønn.

Når sekretariatet lyser ut ledige stillingar, blir personar med innvandrarbakgrunn og/eller nedsett funksjonsevne oppmoda om å søkje. Per 31. desember 2016 hadde to tilsette innvandrarbakgrunn. Ingen tilsette hadde nedsett funksjonsevne.

Lokala til sekretariatet er tilrettelagde for rullestolbrukarar.

For å nå betre ut til grupper med innvandrarbakgrunn, er informasjonen på nettsidene til Marknadsrådet og Forbrukarklageutvalet omsette til engelsk. Nettsidene er òg utforma for å vere lette å lese for svaksynte.

5.11 Sekretariatet for Likestillings- og diskrimineringsnemnda

Per 31. desember 2016 hadde sekretariatet fem tilsette kvinner og ingen menn. Alle dei tilsette hadde full stilling.

Når sekretariatet lyser ut ledige stillingar, blir personar med innvandrarbakgrunn og/eller nedsett funksjonsevne oppmoda om å søkje.

Lokala til sekretariatet er lagde til rette for personar med nedsett funksjonsevne. Sekretariatet har ein handlingsplan for universell utforming og auka tilgjenge.

5.12 Andre kommentarar til omtalen

Forbrukarrådet rapporterer i eigen årsrapport.

6 Forsking og utvikling

I Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024 varsla regjeringa ein ambisiøs politikk for forsking og høgare utdanning. Satsinga gir tydelege rammer gjennom langsiktige mål og prioriteringar. Langtidsplanen er eit viktig grunnlag for BLDs forskingsstrategi (2016–2020).

Oppfølginga av strategien blir konkretisert i budsjettproposisjonane, i meldingar og handlingsplanar og i tildelingsbreva til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) og Noregs forskingsråd og i tillegg gjennom tildeling av middel til ulike kunnskapsmiljø.

Måla for forskinga til BLD er:

  1. langsiktig og målretta kunnskapsoppbygging

  2. høg kvalitet

  3. eit godt grunnlag for politikkutvikling og forvalting

Departementet vil at breie kunnskapsstatusar skal liggje til grunn for vidare forskingsinnsats og prioriteringar, og at kunnskap frå forsking skal vere tilgjengeleg for og brukast systematisk av departement, etatar, kommunar og allmenta.

Utviklinga og endringane på ansvarsområdet til BLD skal følgjast mellom anna gjennom forsking på registerdata, longitudinelle studiar og levekårsundersøkingar.

Det skal òg gjennomførast forskingsbaserte evalueringar av større tilskotsordningar, reformer og tenester. Forskingsprosjekt skal i større grad involvere fleire fagdisiplinar for betre å vurdere den samla effekten på politikkutviklinga. Utvikling av statistikk og indikatorar skal halde fram, og kunnskap om effekten av dei ulike verkemidla og tiltaka skal byggjast opp.

Departementet medverkar til langsiktig og målretta kunnskapsbygging gjennom støtte til forsking, mellom anna i regi av Forskingsrådet, til programma Velferd, arbeid og migrasjon (VAM) og Gode og effektive helse-, omsorgs- og velferdstenester (HELSEVEL).

Regjeringa har fastsatt fem mål for Forskingsrådet. Måla er:

  • auka vitskapleg kvalitet

  • auka verdiskaping i næringslivet

  • å møte store samfunnsutfordringar

  • eit velfungerande forskingssystem

  • god rådgiving

Måla er felles for alle departementa. Kunnskapsdepartementet har utarbeidd eit styringssystem for styringa av Forskingsrådet i samråd med dei andre departementa og Forskingsrådet, og Barne- og likestillingsdepartementet styrer midla sine til Forskingsrådet i tråd med dette. Styringssystemet og samla resultat av verksemda til Noregs forskingsråd 2016 er omtalte i budsjettproposisjonen til Kunnskapsdepartementet for 2018.

Departementet gir òg middel til mellom anna CORE – Kjernemiljø for likestillingsforskning, dei tre regionale kunnskapssentera for barn og unge, Norsk senter for studier av problematferd og innovativ praksis og Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress. I tillegg får Forbruksforskingsinstituttet SIFO ved Høgskulen i Oslo og Akershus middel til finansiering av konkrete forvaltingsrelaterte forskingsoppgåver på forbrukarfeltet. Gjennom avtalar med Statistisk sentralbyrå (SSB) får departementet statistikk på dei ulike ansvarsområda til departementet. BLD finansierer ein likestillingskoordinator i SSB.

Bufdir og Arbeids- og velferdsdirektoratet har forsking- og analyseoppgåver knytte til mellom anna barnevern, familiar, barn og unge, likestilling og ikkje-diskriminering og overføringsordningane til barnefamiliane. Eit viktig arbeid som blir utført i regi av Bufdir, er å utvikle og implementere indikatorar på nokre av ansvarsområda direktoratet har. Mellom anna har Bufdir utarbeidd indikatorar på barnefattigdom og likestilling mellom kjønn. Indikatorane er eit godt verktøy for å få meir kunnskap om omfanget og utviklinga på ulike samfunnsområde, og talmaterialet vil til dømes gi kommunar betre kunnskapsgrunnlag for politiske avgjerder og utvikling av tenestetilbod.

Departementet og Bufdir konkurranseutset forskingsoppdrag som grunnlag for politikkutvikling og for å kaste lys over ulike faglege spørsmål. Departementet nyttar gjerne tverrsektorielle handlingsplanar og strategiar for å gjere opp status og utvikle politikk og kunnskap på område som BLD har koordineringsansvar for. Dette sikrar at det blir utarbeidd kunnskapsoppsummeringar, og at det skjer ei systematisk kunnskapsutvikling på område som elles ikkje ville blitt godt nok dekte.

7 Fornye, forenkle og forbetre

Regjeringa vil byggje politikken sin på målet om mest mogleg effektiv bruk av ressursane til fellesskapet. Nedanfor er dei mest sentrale tiltaka som er planlagde eller starta opp for å fremje effektivitet på politikkområda til BLD.

Arbeids- og velferdsetaten har ansvar for forvaltinga av sentrale ytingar på desse ansvarsområda til BLD: barnetrygd, kontantstøtte, foreldrepengar og regelverket for barnebidrag. Arbeids- og velferdsetaten gjennomfører no Prosjekt 2 i moderniseringa av IKT i Arbeids- og velferdsetaten. Det er Arbeids- og sosialdepartementet som har ansvaret for prosjektet, men vedtaksløysinga som blir utvikla i prosjektet, vil saman med plattforma for digitale sjølvbeteningsløysingar nyttast til å lage nye løysingar for foreldrepengar og eingongsstønad. Prosjektet har altså stor innverknad på forvaltinga av ytingar på ansvarsområdet til BLD.

Rapportering frå Arbeids- og velferdsdirektoratet viser at Prosjekt 2 er i rute. Prosjektet skal etter planen gjennomførast i perioden 2016–2019. Fyrste leveranse frå foreldrepengeprosjektet, endringssøknad på nett, blei tilgjengeleg i mars 2017. Rapporteringa viser at prosjektet er godt i gang med etablering av teknisk plattform for den nye vedtaksløysninga.

Prosjekt 2 er ledd i ei langsiktig og omfattande modernisering av IKT-systema i arbeids- og velferdsetaten. Eit hovudmål er å gi betre tenester til brukarane og større effektivitet i sakshandsaminga. Hovudstrategien er å gi brukarane betre tilgang til og innsyn i eiga sak, døgnopne dialogtenester over nettet og fleire sjølvbeteningsløysingar knytte til sentrale ytingar. Det er gjort nærare greie for IKT-moderniseringsprogrammet og anna utviklingsarbeid i arbeids- og velferdsetaten i Prop. 1 S (2017–2018) frå Arbeids- og sosialdepartementet.

Barnevernsreforma blei vedteken av Stortinget i juni 2017. Som ein del av reforma legg regjeringa opp til endringar i finansieringsansvaret til kommunane for barnevernstiltak. Dette medfører mellom anna at refusjonsordninga av utgifter til forsterking av fosterheimar og nærmiljøbaserte tiltak skal avviklast. Kommunane vil bli kompenserte for utrekna meirutgifter over rammetilskotet. Målet med reforma er å gi kommunane sterkare insentiv til å arbeide førebyggjande og komme tidleg inn med naudsynte tiltak i familiane. I tillegg skal finansieringssystemet bidra til at kommunane og Bufetat vel tiltak og tenester som i innhald, omfang og lengd er tilpassa behova til barna. Dersom fleire barn og unge til rett tid får tiltak og tenester som hjelper og skaper varig endring, vil vi få meir ut av ressursane til samfunnet, og kommunane vil kunne hjelpe fleire barn med midla som blir løyvde til barnevernet og tilgrensande tenester. Departementet legg til grunn at lovendringane vil ta til å gjelde tidlegast i 2020.

Det blir arbeidd aktivt med forenkling og modernisering i det statlege barnevernet. Bufdir har i fleire år arbeidd med å betre kvaliteten i tenestene, samstundes som det er gjennomført store effektiviseringar og omstillingar i Bufetat. Ressursbruken i Bufetat og Bufdir, målt i talet på årsverk, er redusert med i underkant av 20 pst. frå 2010 til 2015. I 2016 var talet på utførte årsverk uendra samanlikna med 2015, trass den markante auken i talet på barn i omsorgssentera og arbeid med busetjing av desse barna. Det har vore ei vriding i tiltaka frå ressurskrevjande plasseringar i institusjon til mindre ressurskrevjande tiltak som plassering i fosterheim, i tråd med barnevernsfaglege føringar.

I Bufdir har digitale løysingar og IKT vore prioritert mellom anna gjennom å gi gode forenkla løysingar for brukarane. Bufdir har starta arbeidet med å utvikle eit digitalt kvalitetssystem for barnevernet. Kvalitetssystemet skal gi dei tilsette betre tilgang på arbeidsstøtte og rettleiing. Direktoratet samarbeider også med KS og ei rekkje kommunar i eit prosjekt der siktemålet er å leggje til rette for betre fagsystem og digitale løysingar i barnevernet.

Det har i fleire år vore ei utfordring med lang sakshandsamingstid for saker med forhandlingsmøte i fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Det er arbeidd målretta for å få ned sakshandsamingstida, og fleire tiltak er sette i verk dei siste åra. Dette har ført til at sakshandsamingstida er vesentleg redusert. Resultata frå 2016 viser at den positive utviklinga held fram.

Fylkesnemndene har utvikla eit nytt sakshandsamingssystem som blei teke i bruk i 2016. I 2017 har fylkesnemndene implementert elektronisk kommunikasjon med fagkunnige, allmenne medlemmer og talspersonar via sikker digital post og signeringsportalen til Difi. Dei arbeider vidare for å leggje til rette for full elektronisk sakshandsaming på sikt.

Barnesakkunnig kommisjon (BSK) byrja i 2016 eit arbeid for å digitalisere rutinane for innsending av sakkunnige rapportar. Vanleg postgang forseinkar ofte saksgangen monaleg for oppdragsgivar, dei sakkunnige og BSK. Frå 1. desember 2016 blei det lagt til rette for at sakkunnige kan sende inn rapportar via Altinn. I 2017 vil BSK fortsetje arbeidet for overgang til elektronisk kommunikasjon med sakkunnige og oppdragsgivarane.

I rapporten Gjennomgang av det statlige forbrukerapparatet frå våren 2015 konkluderer Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) med at Forbrukarrådet og Forbrukarombodet kvar for seg oppnår gode resultat, men at apparatet samla sett er fragmentert og lite kostnadseffektivt. På grunnlag av rapporten bestemte regjeringa i 2016 at dei ti regionkontora til Forbrukarrådet skulle grupperast om til tre større einingar i Tromsø, Stavanger og Skien. Omorganiseringa var gjennomført 1. mai 2017. Dei større einingane gir grunnlag for sterkare fagmiljø, høgare effektivitet og eit betre servicetilbod til forbrukarane. Som ein del av omorganiseringa har Forbrukarrådet òg fått ei klarare intern arbeidsinndeling ved at alt meklingsarbeid blir drive frå dei tre einingane, medan det interessepolitiske arbeidet og arbeidet med portalar blir drivne frå hovudkontoret i Oslo.

Regjeringa la i april 2017 fram for Stortinget forslag om å endre reglane for korleis Forbrukarombodet og Marknadsrådet skal handheve marknadsføringslova, jf. Prop. 93 L (2016–2017) Endringer i markedsføringsloven og angrerettloven (håndhevingsreglene). Det blei mellom anna føreslått at Forbrukarombodet skal kunne gjere vedtak i alle saker, at Marknadsrådet skal få ei ny rolle som klageinstans med færre medlemmer, og at Forbrukarombodet skal endre namn til Forbrukartilsynet. Stortinget vedtok lovforslaget 16. juni 2017. Endringane, som tar til å gjelde 1. januar 2018, vil klargjere rolla til Forbrukarombodet, effektivisere både Forbrukarombodet og Marknadsrådet og styrkje forbrukarvernet.

Prop. 80 L (2016–2017) Lov om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda (Diskrimineringsombudsloven) blei vedteken i Stortinget 16. juni 2017. For at diskrimineringslovgivinga skal vere effektiv, må handhevingsapparatet ha naudsynt gjennomslagskraft. Den nye lova inneber at pådrivarrolla og handhevingsrolla til Likestillings- og diskrimineringsombodet blir skilde frå kvarandre. Lovhandhevingsoppgåvene skal overførast til ei ny nemnd der alle sakene skal handsamast i éin instans (Diskrimineringsnemnda). Den nye nemnda skal ha mynde til å påleggje oppreising i saker som gjeld arbeidslivet, og erstatning i enkle saksforhold. Det blir derfor etablert ei ny Diskrimineringsnemnd i Bergen 1. januar 2018.

Ein viktig strategi i regjeringas arbeid med forenkling er å identifisere, redusere og fjerne tidstjuvar. Det dreier seg dels om å gjere møtet og samhandlinga med offentleg sektor enklare for innbyggjarane og næringslivet, og dels om å effektivisere offentleg sektor slik at dei tilsette kan få meir tid til kjerneoppgåvene og betre kvaliteten i oppgåveløysinga.

Verksemdene under BLD har føreslått ei rekkje forenklingar av regelverk, prosedyrekrav og så vidare som er fastsette av andre, og som dei meiner er tidstjuvar for verksemda. I tillegg har andre statlege verksemder meldt inn tidstjuvar der BLD har ansvar for oppfølging. Eit resultat er at rapporteringskrava på barnevernsområdet no er forenkla.

Eit anna tiltak som er gjennomført, er elektronisk løysing for søknad om separasjon og skilsmisse. Prosjektet var eit samarbeid mellom Bufdir og fylkesmennene i Oslo og Akershus og Sogn og Fjordane. Hausten 2015 blei det mogleg å søkje elektronisk om separasjon hos Fylkesmannen. Tal frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus viser at 60 pst. av separasjonssøknadane no kjem inn elektronisk. Eit digitalt skjema for skilsmisse etter to års samlivsbrot (ekteskapslova § 22) blei lansert i juni 2016, medan skjema for skilsmisse etter eitt års separasjonstid (ekteskapslova § 21) blei tilgjengeleg i oktober 2016. Fylkesmannen i Oslo og Akershus mottek no 62 pst. av skilsmissesøknadane elektronisk. Erfaringane med ordninga har vore gode og bruken av løysingen er stadig aukande.

Som ein del av arbeidet med tidstjuvar har Forbrukarrådet fått på plass ei ny kundesenter- og registerløysing for handsaming av førespurnadene frå forbrukarane. Løysinga gir grunnlag for større intern fleksibilitet og betre kundeservice. Det har òg komme på plass ei løysing for elektronisk overføring av klagesakene som går frå Forbrukarrådet til Forbrukarklageutvalet. Løysinga forenklar saksgangen mellom dei to verksemdene.

Verksemdene under BLD har ei konstruktiv tilnærming til arbeidet med å fjerne tidstjuvar. Departementet ventar gode resultat frå dette arbeidet på sikt, i form av auka effektivitet og betre tenester for brukarane.

8 Omtale av klima- og miljørelevante saker

8.1 Omtale av klima- og miljørelevante saker på forbrukarområdet

Dei siste tiåra har det vore ein stor auke i det samla forbruket til norske hushald. Alt forbruk har klima- og miljøkonsekvensar, direkte eller indirekte.

Miljø- og klimapolitikken til regjeringa byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til å nå dei nasjonale miljø- og klimapolitiske måla.

Målretta informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester gir forbrukarane høve til å velje produkt med minst mogleg negative verknader på miljøet og ressursane. Gjennom etterspørsel av slike produkt kan forbrukarar påverke næringsdrivande til i større grad å ta omsyn til berekraft ved avgjerder om investeringar og produksjon.

BLD arbeider for å leggje til rette, forenkle og standardisere informasjon om miljømessige aspekt ved forbruket. Dei offisielle merkeordningane Svana og EU Ecolabel er viktige verktøy for å hjelpe forbrukarane til å ta miljømedvitne val.

I 2016 var det ein solid auke i svanemerkte produkt på den norske marknaden: frå 12 589 ved utgangen av 2015 til 15 339 ved utgangen av 2016. Arbeidet til Miljømerking har medverka til at fleire produkt blir produserte etter strenge miljøkrav.

Skulen er ein viktig arena for å skape forståing for ressurs- og klimaproblem og reflekterte haldningar til forbruk. BLD arbeider med å fremje undervising i forbrukaremne som òg tek opp spørsmål knytte til dette.

I Noreg blir store mengder mat kasta kvart år. Mesteparten av det som blir kasta, kjem frå private hushald. BLD støttar derfor arbeidet til Matvett AS for å redusere matsvinn. Departementet deltek òg i eit breitt samarbeid mellom ulike styresmakter og bransjeorganisasjonar for å redusere matsvinnet i Noreg (nærare omtalt under delmål 6.3).

8.2 Mål for det vidare arbeidet på forbrukarområdet

BLD vil i 2018 halde fram med å byggje opp under dei offisielle merkeordningane Svana og EU Ecolabel som viktige verktøy for miljømedvitne val. Målet er at talet på miljømerkte produkt på den norske marknaden framleis skal auke, og at forbrukarane i større grad skal spørje etter slike.

Det er tverrpolitisk semje om å arbeide for å redusere matsvinnet i Noreg. Departementet vil i 2018 arbeide vidare saman med Landbruks- og matdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og matbransjen om å redusere matsvinnet gjennom bransjeavtalen om dette, som tok til å gjelde i juni 2017 (nærare omtalt under delmål 6.3).

Departementet vil i 2018 òg føre vidare tiltak som er retta mot skulen, der miljø og berekraft er sentrale tema.

9 Arbeid med menneskerettar

FNs verdserklæring om menneskerettar frå 1948 slår fast at «alle menneske er fødde frie og med same menneskeverd og menneskerettar». Det handlar om likestilling, ikkje-diskriminering og fridom for alle, vaksne og barn, uavhengig av eigenskapar som kjønn, etnisk bakgrunn, funksjonsevne og seksuell orientering. Menneskerettane er universelle, udelelege og gjensidig forsterkande.

I samarbeidet i Europarådet har Noreg dels rettslege forpliktingar som følgje av konvensjonane til Europarådet, deriblant landrapporteringar, og dels politiske forpliktingar gjennom deltaking i Europarådets arbeid generelt og resolusjons- og konvensjonsarbeidet spesielt. Mellom anna koordinerer BLD den norske kontakten med kommisjonen mot rasisme og intoleranse (ECRI). ECRI la fram sin femte rapport om Noreg i 2015.

FN-konvensjonen om barnerettar

BLD har ansvaret for å fremje og koordinere arbeidet med ei betre overvaking av gjennomføringa av FN-konvensjonen om barnerettane i Noreg. Barnekonvensjonen er eit viktig instrument for å ta vare på rettane til barn og gir gode retningslinjer for korleis rettane kan takast vare på og utviklast vidare i samfunnet vårt.

Artikkel 12 i barnekonvensjonen slår fast at barn som er i stand til å danne seg eigne synspunkt, skal ha rett til fritt å gi uttrykk for desse synspunkta i alle tilhøve som gjeld dei sjølve. Reglane i barnekonvensjonen kjem til uttrykk i mellom anna adopsjonslova, barnelova og barnevernlova.

På regionalt plan blei Fylkesmannen i Troms òg i 2016 og 2017 tildelt midlar frå BLD for å arbeide med Sjumilssteget. Sjumilssteget handlar om å setje i verk barnekonvensjonen i kommunane og hjelpe kommunane med å konkretisere artiklane i barnekonvensjonen, slik at dei kan brukast til å kvalitetssikre tenestene til barn og unge. Fylkesmannen i Troms har formidla metodikken til alle fylka. Over halvparten av kommunane/bydelane i landet har delteke i satsingar initierte av fylkesmannsembetet og innført ein variant av metoden.

Forum for barnekonvensjonen har i 2017 levert ein rapport frå sivilsamfunnet til FNs barnekomité om barnerettar i Noreg. Forumet fekk i 2016 midlar frå departementet for å utarbeide ein slik rapport.

FN-konvensjonen mot alle former for diskriminering av kvinner

Noreg leverte sin niande rapport om oppfølging av kvinnediskrimineringskonvensjonen i februar 2016. Noreg skal møte FNs kvinnediskrimineringskomité i november 2017 for å gå gjennom den siste rapporten frå Noreg. Det er utarbeidd ein «skuggerapport» frå det sivile samfunnet med økonomisk støtte frå departementet, noko som sikrar at det sivile samfunnet får fremja synspunkta sine.

FN-konvensjonen mot alle former for rasediskriminering

Noreg har i september 2017 levert den 23. og 24. rapporten til komiteen.

FN-konvensjonen for rettane til personar med nedsett funksjonsevne

Noreg ratifiserte konvensjonen i 2013 og leverte sin fyrste rapport til komiteen i juli 2015. Tidspunkt for høyring og dialog med komiteen som overvaker konvensjonen, er så langt ikkje fastsett. Det er utarbeidd ein «skuggerapport» frå det sivile samfunnet med økonomisk støtte frå departementet, noko som sikrar at det sivile samfunnet får fremja synspunkta sine.

Seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

Noreg er ein pådrivar for å få på plass eit meir konkret og kraftfullt internasjonalt regelverk som kan sikre rettane til lhbti-personar, mellom anna innanfor FN og Europarådet. Statar er forplikta til å sikre dei grunnleggjande menneskerettane til lhbti-personar, jf. dei ulike konvensjonane om universelle, grunnleggjande rettar. Kva det inneber i praksis, med utgangspunkt i dei særskilde utfordringane lhbti-personar møter, er utdjupa og konkretisert mellom anna i dei såkalla Yogyakarta-prinsippa og i lhbt-rekommandasjonen til Europarådet (CoE CM Rec 2010/5).

I 2016 blei ein ny, tverrsektoriell lhbti-handlingsplan lansert av regjeringa. Den nye lova om endring av juridisk kjønn tok til å gjelde i juli 2016. Disse to viktige stega har ført Noreg opp til ein 2. plass i 2017, i ILGA Europes si rangering av dei europeiske statane når det gjeld utvikling av politikk og lovgiving på lhbti-området (sjå utfyllande omtale under programkategori 11.40).

10 Oppfølging av FNs berekraftsmål

Noreg har slutta seg til arbeidet med FNs berekraftsmål, som består av 17 mål og 169 delmål. FNs berekraftsmål er ein felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, førebyggje ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Måla skal fungere som ei felles global retning for land, næringsliv og sivilsamfunn. Barne- og likestillingsdepartementet har ansvar for oppfølging av tiltak innanfor fleire av delmåla og for det nasjonale koordineringsansvaret for hovudmål 5: Oppnå likestilling og styrkje stillinga til jenter og kvinner.

FNs berekraftsmål nr. 1: Utrydde alle former for fattigdom

Arbeidet i BLD mot barnefattigdom er knytt opp til FNs delmål 1.2. Landa skal «innan 2030 og i samsvar med nasjonale definisjonar minst halvere prosentdelen menn, kvinner og barn i alle aldrar som lever i fattigdom».

Strategien mot barnefattigdom – Barn som lever i fattigdom – er den fyrste i sitt slag, og blei lansert våren 2015. Dei 64 tiltaka i strategien skal bidra til at alle barn får like moglegheiter til å delta og utvikle seg. Innsatsen omfattar både universelle ordningar og målretta tiltak for særskilde grupper. Innrettinga av strategien er brei og heilskapleg, og tiltaka rettar seg mot å verne om familien og lage ei trygg ramme for barn og unge. Målet med strategien er å førebyggje at fattigdom går i arv, og dempe negative konsekvensar av å vekse opp i familiar med vedvarande låg inntekt. Som ei oppfølging av strategien har kommunane, frivillige organisasjonar og staten gått saman om ein felles innsats, Fritidserklæringa. Målet er at alle barn, uavhengig av den økonomiske og sosiale situasjonen til foreldra, skal kunne delta regelmessig i ein organisert fritidsaktivitet. Strategien går ut i 2017, men tiltaka blir følgde opp utover perioden. Den vidare innsatsen vil mellom anna byggje på tilrådingar frå NOU 2017: 16 Offentlig støtte til barnefamiliene, statusrapporten frå arbeidet mot barnefattigdom, som vil gi oppdatert kunnskap om området, og evalueringa av Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom.

Årsakene til fattigdom er mange. Regjeringa og NOU 2017: 16 Offentlig støtte til barnefamiliene har pekt på auka yrkesdeltaking som fremste tiltak for å redusere barnefattigdom.

Eingongsstønaden ved fødsel og adopsjon blei auka med over 15 000 kroner til 61 120 kroner frå 1. januar 2017, og departementet føreslår at han blir vidareført nominelt i 2018. Mottakarane av eingongsstønad er inga einsarta gruppe. Eit viktig fellestrekk er likevel at dei har låg eller inga inntekt. Det er også slik at menn som får barn med mottakarar av eingongsstønad, i snitt har lågare inntekt enn andre menn. Auken i eingongsstønaden er derfor eit godt tiltak for å minske skilnader i inntekt og hindre fattigdom.

FNs berekraftsmål nr. 5: Oppnå likestilling og styrkje stillinga til jenter og kvinner

Noreg har investert i universelle velferdsordningar som gjer det mogleg for foreldre å kombinere arbeid med omsorg for barn, som foreldrepermisjon og barnehagar. Auken av kvinner i arbeid dei siste tiåra har vore viktig for den økonomiske veksten i landet. Likevel har Noreg framleis likestillingsutfordringar, som til dømes vald i nære relasjonar og låg yrkesdeltaking blant ein del grupper kvinner med innvandrarbakgrunn.

Kvar einskild sektor har eit eige ansvar for å fremje likestilling. Det sivile samfunnet har òg ei viktig rolle. Regjeringa vil arbeide saman med sivilsamfunnet, næringslivet, partane i arbeidslivet og andre aktørar for å auke likestillinga.

Delmål 5.1 har som målsetjing å gjere slutt på alle former for diskriminering av jenter og kvinner i heile verda. Regjeringa vil styrkje likestillinga og skape eit betre diskrimineringsvern. Våren 2017 fremja regjeringa eit forslag om ei ny felles likestillings- og diskrimineringslov for Stortinget. Stortinget vedtok lova i juni 2017. Målet med ei felles lov er eit meir brukarvennleg, oversiktleg og samanhengande vern mot diskriminering. For meir informasjon sjå hovudmål 4, delmål 4.1 i proposisjonen.

Delmål 5.2 og 16.2 handlar om å avskaffe alle former for vald mot jenter og barn. Noreg har utfordringar knytte til vald i nære relasjonar og til vald og seksuelle overgrep mot barn. Regjeringa prioriterer arbeidet med å førebyggje og avdekkje vald og seksuelle overgrep, mellom anna gjennom oppfølging av ei rekkje handlingsplanar på feltet. Det gjeld Et liv uten vold – Handlingsplan mot vold i nære relasjoner (2014–2017), ein tiltaksplan for å førebyggje og motverke vald og seksuelle overgrep mot barn og ungdom: En god barndom varer livet ut (2014–2017) og Handlingsplan mot negativ sosial kontroll, tvangsekteskap og kjønnslemlestelse (2017–2020). Ein handlingsplan for å førebyggje og kjempe mot valdtekt vil bli lagd fram våren 2018.

BLD, Justis- og beredskapsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Kunnskapsdepartementet samarbeider tett i dette arbeidet. Regjeringa følgjer opp vedtak i Stortinget og la hausten 2016 fram ein opptrappingsplan som skal medverke til å redusere førekomsten av vald i nære relasjonar og styrkje varetakinga av barn som er utsette for vald og overgrep. BLD koordinerer arbeidet med å følgje opp opptrappingsplanen. Sjå nærare omtale under 1.2 i del I. Noreg deltek aktivt i internasjonale forum mot vald i nære relasjonar og vald og seksuelle overgrep mot barn, både i regi av FN og i regi av Europarådet. Sjå også budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet.

Delmål 5.3 om å «avskaffe all skadeleg praksis, til dømes barneekteskap, tidlege ekteskap, tvangsekteskap og kvinneleg omskjering» blir mellom anna følgt opp gjennom reguleringa i ekteskapslova. Justis- og beredskapsdepartementet har ansvar for tvangsekteskap og kvinneleg omskjering.

Etter norsk lov er minstealderen for ekteskap 18 år. For personar under 18 år må foreldre og Fylkesmannen gi løyve til å inngå ekteskap, men Fylkesmannen kan ikkje gi løyve dersom personen er under 16 år. Det er få slike saker. For ekteskap som er inngått i utlandet, gjeld særskilde reglar om godkjenning, sjå rundskriv Q-20/2016. Departementet har i 2016 fått utgreidd ekteskapslova § 18 a om barneekteskap og bigamiske ekteskap, med sikte på eventuelle lovendringar.

Noreg har ei god og fleksibel foreldrepengeordning som er med på å «fremje delt ansvar i hushaldet og familien», jf. delmål 5.4. Fellesperioden i ordninga blei auka frå 1. juli 2014, noko som har gitt familiane større valfridom og fleksibilitet til sjølve å fordele ein større del av stønadsperioden for foreldrepengar slik dei ønskjer. Samstundes blei kvotane for både mor og far sette til 10 veker. Kvotane til mor og far fremjar delt ansvar i hushaldet og familien. For meir informasjon sjå Meld. St. 24 (2015–2016) Familien – ansvar, frihet og valgmuligheter.

Delmål 5.5 handlar om å «sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til leiande stillingar på alle nivå i avgjerdsprosessane i det politiske, økonomiske og offentlege liv». Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis handlar om tiltak som skal sikre like moglegheiter for kvinner og menn.

Delmål 5c handlar om å «vedta og styrkje god politikk og gjennomførbar lovgiving for å fremje likestilling og styrkje stillinga til jenter og kvinner på alle nivå». Noreg har komme langt når det gjeld likestilling. Kvinner og menn har dei same formelle rettane og pliktene. Gode omsorgs- og velferdsordningar støttar opp under dei formelle rettane. Det høge talet på kvinner som tek høgare utdanning, og som er i lønt arbeid, har i løpet av dei siste 50 åra bidrege til store endringar i samfunnet. Sjå Meld. St. 7 (2015–2016) Likestilling i praksis.

FNs berekraftsmål nr. 10: Redusere ulikskapar i og mellom land

Delmål 10.2 krev at ein: «innan 2030 sørgjer for å myndiggjere og fremje sosial, økonomisk og politisk inkludering av alle, utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, rase, etnisitet, nasjonalt opphav, religion eller økonomisk eller annan status». Organisasjonane som fremjar likestilling, organisasjonane for funksjonshemma, lhbti-organisasjonar, innvandrarorganisasjonar, religiøse organisasjonar og barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige arenaer for utvikling og demokratiopplæring. Organisasjonane fremjar synspunkta til medlemmene. Departementa har kontakt med organisasjonane i utforminga og gjennomføringa av politikken, og dette er også reflektert i den offentlege stønads- og tilskotspolitikken. For meir informasjon sjå budsjettproposisjonen programkategori 11.10 og 11.40.

FNs berekraftsmål nr. 12: Sikre berekraftige forbruks- og produksjonsmønster

Delmål 12.3 går ut på at delen matavfall per innbyggjar, både i detaljhandelen og blant forbrukarane, skal halverast. Etter delmålet skal òg svinn i produksjons- og forsyningskjeda, medrekna svinn som følgjer av dårleg lagerkapasitet etter innhausting, reduserast.

I 2017 er det inngått ein bransjeavtale mellom BLD, Klima- og miljødepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og matbransjen om å redusere matsvinnet i heile verdikjeda for mat. Med utgangspunkt i berekraftsmålet om matsvinn er det i avtalen fastsett eit mål om at matsvinnet nasjonalt skal reduserast med 50 pst. innan 2030. Gjennom bransjeavtalen vil BLD støtte tiltak som kan leggje til rette for at forbrukarane blir medvitne om å redusere matsvinnet.

FNs berekraftsmål nr. 16: Fremje fredelege og inkluderande samfunn med sikte på berekraftig utvikling, sørgje for tilgang til rettsvesen for alle og byggje godt fungerande, ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå

Delmål 16.1 handlar om å «oppnå ein monaleg reduksjon i alle former for vald og valdsrelaterte dødsfall», og delmål 16.2 handlar om å «stanse overgrep, utnytting og menneskehandel og alle former for vald mot og tortur av barn». Delmål 8.7 handlar om å få slutt på menneskehandel. Arbeidet mot vald og overgrep er organisert gjennom fleire tverrdepartementale handlingsplanar for å dekkje alle former, som tvangsekteskap, kjønnslemlesting, overgrep mot barn og vald og overgrep i parforhold. Ein handlingsplan for å førebyggje valdtekt vil bli lagd fram våren 2018. BLD koordinerer arbeidet med å følgje opp opptrappingsplanen mot vald og seksuelle overgrep, som blei lagd fram hausten 2016. Planen har særleg vekt på barn. Justis- og beredskapsdepartementet koordinerer arbeidet med å følgje opp handlingsplanen mot menneskehandel, som blei lagd fram hausten 2016. Noreg har i internasjonal målestokk svært få valdsrelaterte dødsfall. Sjå også budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet, som har hovudansvaret for delmåla som er omtalte ovanfor.

Barnevernet i Noreg har som hovudoppgåve å sikre at barn og unge som lever under tilhøve som kan skade helse og utvikling, får naudsynt hjelp og omsorg til rett tid, og å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår. Det følgjer av barnevernlova, som gjeld for alle som oppheld seg i riket, uavhengig av opphaldsstatus. Einslege, mindreårige asylsøkjarar er også omfatta av barnevernlova. Tenester og tiltak etter lova skal vere forsvarlege. Den norske barnevernlova byggjer på FNs barnekonvensjon, og lova er gitt forrang gjennom den norske lova om menneskerettar.

Omsynet til det som er best for barnet, er eit grunnleggjande prinsipp og er nedfelt både i barnevernlova og i Grunnlova. Barn har best av å vekse opp med sine primære omsorgspersonar, men dersom barnet er utsett for omsorgssvikt, vald eller seksuelle overgrep, kan det vere naudsynt å plassere det utanfor heimen. Ei slik avgjerd blir gjord av fylkesnemndene for barnevern og sosiale saker. Avgjerda kan klagast inn for tingretten.

Barn er sårbare og har derfor eit særskilt behov for vern, bistand og tilrettelagd oppfølging. Utnytting av barn til menneskehandel krenkjer menneskerettane på det grovaste og er ei alvorleg form for kriminalitet. Barnevernet har eit viktig ansvar for barn som kan vere utsette for menneskehandel i Noreg. Barnevernlova blei endra i 2012 for å gi betre vern og omsorg til barn som ein mistenkjer er utsette for menneskehandel. Barn som ein mistenkjer er utsette for menneskehandel kan plasserast på barnevernsinstitusjon utan samtykke. Føremålet er å verne barnet mot utnyttaren.

Barnevernet, politiet, utlendingsstyresmaktene og andre hjelpetenester har ansvar for å sikre at mindreårige som er utsette for menneskehandel, blir tekne hand om på ein forsvarleg måte. Det er utarbeidd eit eige rundskriv om vern av barn som er utsette for menneskehandel. Det ligg også føre ein handlingsplan mot menneskehandel, og tiltak i denne blir følgde opp frå sektorstyresmaktene. Kompetanseheving i barnevernet er ein del av denne.

Personar med nedsett funksjonsevne, nemnde under fleire delmål

Personar med nedsett funksjonsevne i Noreg skal på lik linje med alle andre ha høve til personleg utvikling, deltaking og livsutfalding. Norsk politikk følgjer prinsippa i FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. Personar med nedsett funksjonsevne er ei prioritert gruppe i norsk utviklingssamarbeid.

11 Standardiserte nøkkeltal for nettobudsjetterte verksemder

I tilknyting til budsjettproposisjonen for 2018 er det sett opp standardtabellar med nøkkeltal for Likestillings- og diskrimineringsombodet og Forbrukarrådet:

Tabell Utgifter og inntekter etter art: Føremålet med tabellen er å vise brutto utgifter og inntekter for verksemda basert på kontantprinsippet og artsinndelt etter dei prinsippa som gjeld for dei bruttobudsjetterte verksemdene.

Tabell Inntekter etter inntektskjelde: Dei fleste nettobudsjetterte verksemdene har fleire inntektskjelder, og føremålet med tabell 2 er å gi ei oversikt over dei ulike kjeldene.

Tabell Kontantbehaldningane til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei føremåla kontantbehaldningane skal nyttast til: Føremålet med tabellen er å vise dei totale overføringane til neste budsjettår og samansetjinga av overføringane.

11.1 Likestillings- og diskrimineringsombodet

Tabell 11.1 Utgifter og inntekter etter art

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2014

2015

2016

2017

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

39 624 241

41 262 912

39 542 353

40 121 000

Varer og tenester

17 439 863

15 133 996

13 069 996

14 872 000

Sum driftsutgifter

57 064 104

56 396 908

52 612 349

54 993 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

-316 938

0

-158 199

0

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

-316 938

0

-158 199

0

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege

rekneskapar

0

0

0

0

Utbetalingar til andre verksemder

0

0

0

0

Sum overføringar frå verksemda

0

0

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

0

0

0

0

Sum finansielle aktivitetar

0

0

0

0

Sum utgifter

56 747 166

56 396 908

52 454 150

54 993 000

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

0

0

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

1 798 003

0

0

0

Andre driftsinntekter

0

0

0

0

Sum driftsinntekter

1 798 003

0

0

0

Inntekter frå investeringar

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

54 035 000

53 981 000

52 856 000

53 907 000

Andre innbetalingar

1 111 341

344 141

523 259

0

Sum overføringar til verksemda

55 146 340

54 325 141

53 379 259

53 907 000

Finansielle aktivitetar

Innbetaling frå sal av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

0

0

Sum finansielle aktivitetar

0

0

0

0

Sum inntekter

56 944 343

54 325 141

53 379 259

53 907 000

Netto endring i kontantbehaldninga

119 761

-2 071 767

925 109

-1 086 000

Tabell 11.2 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2014

2015

2016

2017

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

54 035 000

53 981 000

52 856 000

53 907 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

0

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

54 035 000

53 981 000

52 856 000

53 907 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

0

0

0

0

Sum bidrag

0

0

0

0

Oppdragsinntekter m.m.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter og tidsavgrensingar

2 909 344

344 141

523 259

0

Sum oppdragsinntekter m.m.

2 909 344

344 141

523 259

0

Sum inntekter

56 944 344

54 325 141

53 379 259

53 907 000

Tabell 11.3 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei føremåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Balansedag 31. desember

2014

2015

2016

Endring

Beløp i NOK

2015–2016

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

16 412 059

14 340 292

15 265 401

925 109

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

0

0

Sum kontantar og kontantekvivalentar

16 412 059

14 340 292

15 265 401

925 109

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

Feriepengar m.m.

3 319 362

3 498 274

3 236 771

-261 503

Skattetrekk og offentlege avgifter

2 944 763

3 052 208

2 875 001

-177 207

Gjeld til leverandørar

473 110

-330 921

550 574

881 495

Gjeld til oppdragsgivarar

-625 126

-2 489 231

-2 699 981

-210 750

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

1 423 561

1 736 142

1 739 218

3 076

Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

7 535 670

5 466 472

5 701 583

235 111

Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne føremål som ikkje er sette i gang

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre føremål / ikkje spesifiserte føremål

8 876 389

8 873 820

9 563 818

689 998

Fri verksemdskapital

0

0

0

0

Sum andre avsetjingar

8 876 389

8 873 820

9 563 818

689 998

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum langsiktig gjeld

0

0

0

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

16 412 059

14 340 292

15 265 401

925 109

11.2 Forbrukarrådet

Tabell 11.4 Utgifter og inntekter etter art

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2014

2015

2016

2017

Utgiftsart

Driftsutgifter

Lønnsutgifter

83 372 490

90 023 556

95 724 321

102 417 000

Varer og tenester

37 886 711

40 956 218

50 019 324

65 753 000

Sum driftsutgifter

121 259 201

130 979 774

145 743 644

168 170 000

Investeringsutgifter

Investeringar, større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

2 543 658

7 054 809

7 778 336

4 315 000

Sum utgifter til større utstyrsinnkjøp og vedlikehald

2 543 658

7 054 809

7 778 336

4 315 000

Overføringar frå verksemda

Utbetalingar til andre statlege rekneskapar

0

0

0

0

Utbetalingar til andre verksemder

200 000

200 000

0

0

Sum overføringar frå verksemda

200 000

200 000

0

0

Finansielle aktivitetar

Kjøp av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle utgifter

25 099

11 949

9 413

20 000

Sum finansielle aktivitetar

25 099

11 949

9 413

20 000

Sum utgifter

124 027 958

138 246 531

153 531 394

172 505 000

Inntektsart

Driftsinntekter

Inntekter frå sal av varer og tenester

1 497 171

-467 866

0

0

Inntekter frå avgifter, gebyr og lisensar

0

0

0

0

Refusjonar

0

0

0

0

Andre driftsinntekter

1 138 996

10 266

0

0

Sum driftsinntekter

2 636 167

-457 600

0

0

Inntekter frå investeringar

Sal av varige driftsmiddel

0

0

0

0

Sum investeringsinntekter

0

0

0

0

Overføringar til verksemda

Inntekter frå statlege løyvingar

125 720 363

144 374 194

152 067 171

170 507 000

Andre innbetalingar

1 562 470

2 595 581

1 420 938

1 998 000

Sum overføringar til verksemda

127 282 833

146 969 775

153 488 109

172 505 000

Finansielle aktivitetar

Innbetaling frå sal av aksjar og partar

0

0

0

0

Andre finansielle innbetalingar

0

0

0

0

Sum finansielle aktivitetar

0

0

0

0

Sum inntekter

129 919 000

146 512 175

153 488 109

172 505 000

Netto endring i kontantbehaldninga

5 891 042

8 265 643

-43 285

0

Tabell 11.5 Inntekter etter inntektskjelde

Inntektskjelde

Rekneskap

Budsjett

Beløp i NOK

2014

2015

2016

2017

Løyvingar til finansiering av statsoppdraget

Løyvingar frå fagdepartementet

125 004 123

144 374 194

151 321 318

170 507 000

Løyvingar frå andre departement

0

0

37 500

0

Løyvingar frå andre statlege forvaltingsorgan

716 240

0

0

0

Tildelingar frå Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Sum løyvingar til statsoppdraget

125 720 363

144 374 194

151 358 818

170 507 000

Offentlege og private bidrag

Bidrag frå kommunar og fylkeskommunar

0

0

0

0

Bidrag frå private

0

0

0

0

Tildelingar frå internasjonale organisasjonar

1 963 761

1 851 008

2 122 636

1 998 000

Sum bidrag

1 963 761

1 851 008

2 122 636

1 998 000

Oppdragsinntekter m.m.

Oppdrag frå statlege verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå kommunale og fylkeskommunale verksemder

0

0

0

0

Oppdrag frå private

0

0

0

0

Andre inntekter og tidsavgrensingar

0

0

0

0

Sum oppdragsinntekter m.m.

2 234 876

286 974

6 655

0

Sum inntekter

129 919 000

146 512 175

153 488 109

172 505 000

Tabell 11.6 Kontantbehaldninga til verksemda per 31. desember med spesifikasjon av dei føremåla kontantbehaldningane skal nyttast til

Balansedag 31. desember

2014

2015

2016

Endring

Beløp i NOK

2015–2016

Kontantbehaldning

Behaldning på oppgjerskonto i Noregs Bank

31 195 234

39 460 878

39 417 593

-43 285

Behaldning på andre bankkonti

0

0

0

0

Andre kontantbehaldningar

0

0

118 655

118 655

Sum kontantar og kontantekvivalentar

31 195 234

39 460 878

39 536 248

75 370

Avsetjingar til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

Feriepengar m.m.

7 108 376

7 511 706

8 565 309

1 053 602

Skattetrekk og offentlege avgifter

6 214 221

6 770 517

6 897 675

127 158

Gjeld til leverandørar

2 033 539

5 512 971

6 997 047

1 484 076

Gjeld til oppdragsgivarar

1 499 761

770 312

-45 340

-815 653

Anna gjeld med forfall i neste budsjettår

6 307 006

7 917 250

3 471 739

-4 445 511

Sum til dekking av oppståtte kostnader med forfall i neste budsjettår

23 162 905

28 482 757

25 886 429

-2 596 328

Avsetjingar til dekking av planlagde tiltak der kostnadene heilt eller delvis vil bli dekte i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Prosjekt finansierte av Noregs forskingsråd

0

0

0

0

Større fleirårige investeringsprosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av grunnløyvinga frå fagdepartementet

0

0

0

0

Andre avsetjingar til vedtekne føremål som ikkje er sette i gang

0

0

0

0

Konkrete, ikkje fullførte prosjekt som er sette i gang, og som er finansierte av løyvingar frå andre departement

0

0

0

0

Sum avsetjingar til planlagde tiltak i framtidige budsjettår

0

0

0

0

Andre avsetjingar

Avsetjingar til andre føremål / ikkje spesifiserte føremål

-1 784 088

-2 817 068

-1 894 955

922 113

Fri verksemdskapital

9 816 419

13 795 190

15 544 775

1 749 585

Sum andre avsetjingar

8 032 331

10 978 122

13 649 820

2 671 698

Langsiktig gjeld (netto)

Langsiktig forplikting knytt til anleggsmidlar

0

0

0

0

Anna langsiktig gjeld

-1

-1

-1

0

Sum langsiktig gjeld

-1

-1

-1

0

Sum netto gjeld og forpliktingar

31 195 234

39 460 878

39 536 248

75 370

Til forsida