Prop. 1 S (2017–2018)

FOR BUDSJETTÅRET 2018 — Utgiftskapittel: 20–51 og 1600–1670 Inntektskapittel: 3021–3051, 4600–4620, 5341, 5580, 5351, 5605 og 5692–5693

Til innhaldsliste

Del 2
Budsjettframlegget for 2018

5 Nærare omtale av løyvingsframlegga m.m.

Programområde 00 Konstitusjonelle institusjonar

Programkategori 00.30 Regjeringa

Utgifter under programkategori 00.30, fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

20

Statsministerens kontor

104 861

117 900

118 700

0,7

21

Statsrådet

172 674

169 500

173 400

2,3

24

Regjeringsadvokaten

96 453

117 200

114 800

-2,0

Sum kategori 00.30

373 988

404 600

406 900

0,6

Statsministerens kontor og Statsrådet

Statsministerens kontor stør statsministeren i arbeidet med å leie og samordne arbeidet i regjeringa, m.a. ved å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane.

Visse saker vert behandla i Statsrådet under Kongen si leiing. Det gjeld til dømes framlegg til nye lover, budsjettframlegg og andre framlegg til vedtak i Stortinget. Statsministerens kontor har saman med fagdepartementa ansvar for å førebu, gjennomføre og følgje opp Statsrådet sine møte hos Kongen. Vidare samordnar kontoret regjeringsmedlemene si deltaking i debattar og spørjetimar på Stortinget. Kontoret skal òg støtte statsministeren i internasjonalt arbeid. Dessutan har kontoret løns- og arbeidsgjevarfunksjonar for regjeringsmedlemene og andre politikarar i departementa.

Statsministerens kontor har tre avdelingar (administrativ og konstitusjonell avdeling, innanriksavdelinga og internasjonal avdeling) og ein kommunikasjonsseksjon. Regjeringa si bilteneste høyrer inn under administrativ og konstitusjonell avdeling.

Regjeringsadvokaten

Hovudoppgåvene til Regjeringsadvokaten er å føre sivile rettssaker på vegner av staten og gje fråsegner om rettslege spørsmål. Regjeringsadvokaten har som mål at staten får dekt behovet sitt for advokattenester på ein god måte, og slik at dei tildelte ressursane vert utnytta best mogleg sett under eitt. Brukarane skal oppfatte embetet som serviceinnstilt, målretta og effektivt. Saksbehandlinga skal vere rask og god.

Brukarane til Regjeringsadvokaten er dei statlege organa, dvs. regjeringa, departementa og verksemdene under departementa. Saksfeltet omfattar alle område av staten si verksemd. Viktige område er domstolskontroll av offentlege styresmakter (skatt, trygd, konsesjonar, ekspropriasjon m.m.), skadebotsaker, eigedomssaker, saker om arbeids- og tenestetilhøve m.m. I tillegg fører Regjeringsadvokaten saker for internasjonale domstolar, t.d. Menneskerettsdomstolen i Strasbourg og domstolane i EU og EØS.

Kap. 20 Statsministerens kontor

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

104 861

117 900

118 700

Sum kap. 0020

104 861

117 900

118 700

Rapport 2016

Post 01 Driftsutgifter

Statsministerens kontor har støtta statsministeren i å leie og samordne arbeidet til regjeringa, m.a. med å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane. Om lag 75 pst. av utgiftene i 2016 var løn og godtgjersler til tilsette. Andre større utgifter var husleige og reiseutgifter.

Budsjett 2018

Post 01 Driftsutgifter

Løyvinga under kap. 20 Statsministerens kontor dekkjer vanlege driftsutgifter for kontoret. Framlegget inneber ei budsjettramme på 118,7 mill. kroner.

Kap. 21 Statsrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

172 674

169 500

173 400

Sum kap. 0021

172 674

169 500

173 400

Post 01 Driftsutgifter

Rapport 2016

Større utgifter i 2016 har vore løn til regjeringa og dei politisk tilsette i departementa, investeringar i Regjeringa si bilteneste, reiseutgifter og husleige for pendlarbustader.

Budsjett 2018

Løyvinga under kapittel 21 Statsrådet skal dekkje lønsutgifter for regjeringsmedlemane, statssekretærane og dei politiske rådgjevarane, og ein del andre utgifter knytt til den politiske leiinga i departementa. Det gjeld m.a. utgifter til bustad for pendlarar, heimreiser, besøksreiser for familie og tenestereiser. Løyvinga dekkjer dessutan alle driftsutgifter knytt til Regjeringa si bilteneste.

Nærare reglar om kva for ytingar den politiske leiinga kan få dekt, finst i «Reglement om arbeidsvilkår for politisk ledelse», fastsett ved kgl.res. 28. mars 2003. Reglementet er supplert og utfylt i «Håndbok for politisk ledelse», som vert gjeve ut av Statsministerens kontor.

Framlegget inneber ein budsjettramme på 173,4 mill. kroner.

Fullmakt til overskriding

I samråd med politiet set Statsministerens kontor i verk visse tryggingstiltak for regjeringa. Det er vanskeleg å budsjettere behova, og dei kan endre seg i løpet av budsjettåret. Difor gjer departementet framlegg om samtykkje til at Statsministerens kontor i 2018 kan overskride løyvinga på kap. 21 Statsrådet, post 01 Driftsutgifter for å setje i verk naudsynte tryggingstiltak for regjeringa, jf. framlegg til romartalsvedtak III.1.

Kap. 3021 Statsrådet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

02

Diverse refusjonar

100

100

Sum kap. 3021

100

100

Post 02 Diverse refusjonar

Posten dekkjer i hovudsak refusjonar av utgifter der Statsministerens kontor har lagt ut for andre. Refusjonsbeløp kan variere mykje frå år til år. Det vert difor gjort framlegg om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 21, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter på posten, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Kap. 24 Regjeringsadvokaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

78 979

95 000

101 100

21

Spesielle driftsutgifter

17 474

22 200

13 700

Sum kap. 0024

96 453

117 200

114 800

Rapport 2016

I 2016 kom det inn 1 150 nye saker til Regjeringsadvokaten, ein auke på 9 pst. i høve til 2015. Sakene er ofte meir komplekse enn før og krev stadig meir ressursar til førebuing og gjennomføring.

Utviklinga går òg i retning av at både fråsegnssaker og rettssaker vert større og meir kompliserte. Det har særleg samanheng med at rettskjeldematerialet er meir omfattande og samansett, og at sakene oftare har eit internasjonalt tilsnitt. Difor aukar behovet for spesialkompetanse innan menneskerettar, EØS-rett og allmenn folkerett.

Av dei nemnde sakene er 857 rettssaker (813 i 2015), 143 rådgjevande fråsegner (132 i 2015) og 150 høyringar (116 i 2015). Blant rettssakene utgjer områda trygd, psykisk helsevern og utlendingssaker framleis ein stor del.

Utlendingssakene viser ein nedgang til 160 saker (176 saker i 2015). Talet på psykisk helsevernsaker var 255 i 2016, det høgaste talet dei siste 15 åra. Talet på trygdesaker auka frå 109 saker i 2015 til 114 i 2016.

Arbeidsmengda for dei tilsette hos Regjeringsadvokaten er aukande. Noko vert løyst ved å setje ut saker til private advokatar og ved noko eigenprosedyre i etatane. Sakene som vert sett ut til private advokatar, er helst slike som det er mange relativt like av. Krevjande saker må behandlast av Regjeringsadvokaten.

Budsjett 2018

Post 01 Driftsutgifter

Framlegget inneber ei budsjettramme på 101,1 mill. kroner for 2018. Dette er 6,1 mill. kroner høgare enn saldert budsjett 2017. Løyvinga skal fyrst og fremst dekkje løns- og driftsutgifter hos Regjeringsadvokaten. For å sikre eit kvalifisert advokatkorps i ei tid der sakene stadig vert meir innfløkte, er Regjeringsadvokaten meir enn før nøydd til å halde på dei mest røynde advokatane, særleg dei som har møterett for Høgsterett.

På same vis som i saldert budsjett for 2017 føreslår regjeringa ei moderat styrking av bemanninga hos Regjeringsadvokaten. Forslaget inneber ei opptrapping over fleire år, og for 2018 gjer regjeringa framlegg om at ramma vert auka med 5,3 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2016. Forslaget fører til at Regjeringsadvokaten sine tenester kan vidareførast på ein forsvarleg måte, og at kapasiteten aukar på område som er særleg viktig og som det er pågang på frå regjering og forvaltning.

Som følgje av overføringa av løn- og rekneskapstenester frå Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa til Direktoratet for økonomistyring er det innarbeidd en reduksjon av kap. 24 Regjeringsadvokaten, post 01 Driftsutgifter, med 0,3 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 1605 Direktoratet for økonomistyring, post 01 Driftsutgifter.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Løyvinga skal dekkje prosessutgifter og utgifter til leige av advokatar. Nokre sakstypar, til dømes utlendings- og trygdesaker, er tyngjande fordi det er så mange einskildsaker. Tala på nye rettssaker er uvisse. Dei siste åra har Regjeringsadvokaten hatt ein aukande tendens i talet på utlendingssaker og trygdesaker. I perioden 2010–2016 auka utlendingssakene med 22 pst. og trygdesakene med 34 pst.

Som følgje av opprettinga av ei prosedyreeining i Utlendingsnemnda er det innarbeidd ein reduksjon av kap. 24 Regjeringsadvokaten, post 21 Spesielle driftsutgifter, med 9 mill. kroner mot tilsvarande auke på kap. 491 Utlendingsnemnda, post 01 Driftsutgifter. Eininga skal føre eit tal utlendingssaker for retten, og som tidlegare har vorte belasta regjeringsadvokatens post 21.

Framlegget inneber ei budsjettramme på 13,7 mill. kroner.

Kap. 3024 Regjeringsadvokaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Vederlag for utgifter i rettssaker

18 495

18 000

18 500

Sum kap. 3024

18 495

18 000

18 500

Post 01 Vederlag for utgifter i rettssaker

Inntektsframlegget dekkjer inntekter som følgjer av at staten vert tilkjend sakskostnader i sivile saker der Regjeringsadvokaten var prosessfullmektig. Inntektene er vanskeleg å anslå, og departementet føreslår ei ramme for 2018 på 18,5 mill. kroner.

Programkategori 00.40 Stortinget og underliggjande institusjonar

Utgifter under programkategori 00.40, fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

41

Stortinget

1 539 677

1 658 500

1 777 700

7,2

42

Ombodsmannsnemnda for Forsvaret

6 316

7 100

7 300

2,8

43

Stortingets ombodsmann for forvaltninga

70 442

76 300

83 500

9,4

44

Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste

14 765

15 000

18 800

25,3

45

Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar

9 595

20 600

24 500

18,9

51

Riksrevisjonen

523 117

493 200

552 400

12,0

Sum kategori 00.40

2 163 912

2 270 700

2 464 200

8,5

Kap. 41 Stortinget

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

854 886

924 500

971 300

21

Spesielle driftsutgifter

9 205

15 000

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

476 601

514 000

598 400

70

Tilskot til partigruppene

177 054

183 000

186 000

72

Tilskot til Det Norske Nobelinstituttets bibliotek

1 500

1 500

1 500

73

Kontingentar, internasjonale delegasjonar

15 372

15 500

15 500

74

Reisetilskot til skular

5 059

5 000

5 000

Sum kap. 0041

1 539 677

1 658 500

1 777 700

Hovudoppgåver og organisasjon

Oppgåvene og arbeidsordninga til Stortinget som konstitusjonelt organ er nedfelte i Grunnlova, lover, stortingsvedtak og konstitusjonell praksis. Stortingets konstitusjonelle hovudoppgåver er å vedta lover, løyve pengar til rådvelde for regjeringa og føre kontroll med regjering og forvalting.

Stortingets administrasjon skal organisere og utvikle det parlamentariske arbeidet og leggje til rette for at representantane kan vareta verva sine. Administrasjonen skal formidle kunnskap om Stortingets verksemd og folkestyret. Stortingets administrasjon skal drifte og modernisere Stortingets bygningar og system på ein måte som varetek dei historiske verdiane.

Det administrative arbeidet skal utførast slik at det sikrar omdømet til Stortinget på best mogleg måte. Administrasjonen skal opplevast som relevant, profesjonell, effektiv og samfunnsmedviten av stortingsrepresentantane og andre målgrupper. Stortingets administrasjon skal ha ein felles kultur basert på verdiane hjelpsam, ansvarleg, påliteleg og open.

Direktøren er den øvste administrative leiaren for Stortinget og står direkte under Stortingets presidentskap. Administrasjonen er organisert i sju avdelingar: konstitusjonell avdeling, eigedoms-, tryggings- og serviceavdelinga, kunnskaps- og dokumentasjonsavdelinga, forvaltingsavdelinga, internasjonal avdeling, kommunikasjonsavdelinga og IT-avdelinga. I tillegg ligg bedriftshelsetenesta og leiingssekretariatet underdirektøren.

Mål og budsjett 2018

Stortingets strategi for 2014–2018 er lagd til grunn for mål og tiltak i 2018. Strategien inneheld fire hovudmål og eit organisasjonsmål, og alle måla har tilhøyrande delmål. I 2016 blei det gjennomført ei revidering av delmåla i strategien. Dette gjev følgjande målstruktur for dei to siste åra av strategiperioden:

Eit vitalt parlamentarisk arbeid

  • Leggje til rette for det parlamentariske arbeidet gjennom å gje representantane service av høg kvalitet til rett tid, inkludert gode digitale løysingar

  • Sikre relevante kunnskapsbaserte tenester i pakt med behovet til stortingsrepresentantane

Aktuell kunnskapsformidling om folkestyret

  • Auka demokratisk engasjement i Noreg

  • Openheit om Stortingets arbeid og rolle i demokratiet

  • Byggje og bevare tilliten til Stortinget

Smart representantservice

  • Vidareutvikle stortingstorget for å tilby fleire tenester

  • Stortingsrepresentantane har tilgang til brukarvenlege verktøy og digitale løysingar for å kunne utføre det parlamentariske arbeidet sitt.

  • Profesjonelle serviceleveransar som støttar eksisterande og framtidige behov

Profesjonell drift og utvikling av bygningane

  • Det er utarbeidd planar som varetek arkitektoniske og kulturhistoriske forhold ved bygningsmassen gjennom funksjonelle og standardiserte løysingar.

  • Stortingets bygningar er sikra gjennom tekniske, statiske og dynamiske tiltak.

  • Stortingets bygningar blir drifta og forvalta profesjonelt, miljøvenleg og økonomisk forsvarleg og sikrar optimalisert bruk av bygningsmassen gjennom systematiske analysar.

Organisasjonsmålet: Attraktiv, kompetent organisasjon med godt arbeidsmiljø

  • Ein organisasjon med høge krav til kvalitet og som trekkjer til seg, utviklar og nyttar aktuell kompetanse og stortingskunnskap

  • Eit arbeidsmiljø prega av samhald, kunnskapsdeling og god kultur for tilbakemelding

  • God internkommunikasjon og organisasjonsstruktur med tydelege roller og ansvar

  • Effektiv ressursbruk med gode digitale løysingar

Måla blir konkretiserte og sette ut i livet gjennom årlege verksemdsplanar. Tiltaka under kvart mål er såleis aktivitetar som må gjennomførast i 2018 for at Stortinget skal oppnå hovudmåla sine innan strategiperioden. Strategiperioden for den overordna strategien for Stortingets administrasjon går ut i 2018. Administrasjonen skal i 2018 evaluere måloppnåing i denne perioden og i tillegg utarbeide ny overordna strategi.

Eit vitalt parlamentarisk arbeid

Administrasjonen skal sikre god kvalitet og kontinuitet i støtta til presidentskapet og representantane gjennom hjelp under saksbehandlinga i plenum, komitear og internasjonalt arbeid.

Ein planlegg ei omfattande utvikling i IT-støtta knytt til det parlamentariske arbeidet gjennom ei større fornying av dagens elektroniske parlamentariske oppfølgingssystem (EPOS). Den gjeldande løysinga er utvikla i ein utdatert teknologi. Den nye løysinga vil bli utvikla i ein framtidsretta teknologi og vil ha eit meir moderne brukargrensesnitt og betre funksjonalitet som gjer arbeidsoppgåvene for brukarane enklare. Løysinga er lagd til rette for framtidige endringar og utvidingar, og fornyinga vil skje gradvis. I løpet av 2018 skal den nye løysinga leggje til rette for ei enklare saksbehandling av høyringar og skriftlege spørsmål.

Betre IT-tenester for komitear og partigrupper blir fullførte og tekne i bruk ved årsskiftet 2018–2019. Her blir det lagt vekt på betre støtte til effektiv samhandling. Ein vil leggje opp til eit enklare brukargrensesnitt tilpassa den einskilde brukaren.

Som medlem av Nordisk råd har Stortinget plikt til å ha formannskapen kvart femte år. Administrasjonen skal i 2018 førebu og gjennomføre formannskapen, inkludert å halde sesjon og prisutdeling i Stortingets regi.

Aktuell kunnskapsformidling om folkestyret

Stortingets kommunikasjonsstrategi ligg til grunn for arbeidet med kunnskapsformidling, og strategien skal fornyast for perioden 2019–2022.

Stortinget skal formidle kunnskap om folkestyret, og på den måten leggje eit grunnlag for engasjement og demokratisk deltaking. Kommunikasjonen med omverda skal vere aktiv og relevant og opne for samhandling mellom folket og dei folkevalde, særleg retta mot vaksne med låg demokratisk deltaking, førstegongsveljarar og folk som i arbeidet sitt er i kontakt med Stortinget.

I 2018 skal det digitale tilbodet til skuleelevar styrkast. I 2017 starta arbeidet med eit nytt læringsspel til elevar i den vidaregåande skulen, eit spel som skal kome i staden for læringsspelet som finst i dag, Minitinget, der elevar frå heile landet får kunnskap om Stortinget. Utskiftinga av læringsspelet er naudsynt, då teknologien er utdatert og spelet ikkje kan endrast utan at heile løysinga blir sett ut på anbod. Arbeidet med læringsspelet skal etter planen vere ferdig i 2019.

I 2013 innførte Stortinget elektronisk saksbehandling med tilhøyrande elektronisk lagring for å gje innsyn og sikre openheit. For å sikre bevaring av og tilgang til elektronisk skapt dokumentasjon er det naudsynt å etablere ei løysing for elektronisk langstidslagring. I 2018 skal Stortingets administrasjon fatte avgjerd om kva løysing som skal bli teke i bruk.

I tillegg til trykte stortingsforhandlingar finst det òg dokumentasjon frå komitéarbeid og administrasjonsverksemd. Administrasjonen vil halde fram arbeidet med å gjere kunnskap om dette materialet knytt til den parlamentariske saksbehandlinga tilgjengeleg gjennom den nasjonale arkivportalen (arkivportalen.no). Slik legg administrasjonen til rette for innsyn og forsking basert på dette materialet. I løpet av 2018 skal 12 valperiodar vere tilgjengelege.

Smart representantservice

I 2018 skal det bli teke i bruk nye servicetenester som gjev auka fleksibilitet og tilgjenge for brukarane gjennom digitaliserte løysingar og forenkla arbeidsprosessar. Servicemedarbeidarane sin profesjonalitet skal styrkjast, og det blir fokusert på stabil, god kvalitet på dei tenestene og produkta som blir tilbodne. I tillegg skal porteføljen utviklast og tilpassast for å vareta nye behov ved å analysere tilbakemeldingar.

Nye og betre IT-løysingar vil gjere det enklare å bestille møterom og melde frå om besøk, med vidare. Det politiske miljøet vil få tilgang til fleire møterom med nye og brukarvenlege tekniske fasilitetar.

Profesjonell drift og utvikling av bygningane

Stortingets administrasjon skal forvalte, drifte og utvikle Stortingets eigedommar, slik at dei gjev trygge og gode rammer for det parlamentariske arbeidet samtidig som dei funksjonelle behova i Stortingsbygningen, og bygningsmassen elles, blir godt varetekne.

Prosjektet Prinsens gate 26, nytt post- og varemottak og innkøyringstunnel

I 2018 vil hovudfokus vere å gjennomføre siste fase av byggutviklingsprosjekta for Prinsens gate 26, nytt post- og varemottak og ekstra innkøyringstunnel til Stortinget. Prosjektering av utvendige sikringstiltak og utforming av Wessels plass blir også ei viktig oppgåve i 2018. Førebuingane til å setje i drift og ta i bruk nye Prinsens gate 26 og nytt post- og varemottak held fram i 2018.

Det er god framdrift i byggearbeida som går føre seg. Trikk over Wessels plass blei opna som planlagd i februar 2017. Råbygget til Prinsens gate 26 skal etter planen stå ferdig i januar 2018, så 2018 vil hovudsakeleg gå med til innvendige arbeid, ferdigstilling og overlevering. Innvendige byggearbeid skal vere avslutta i oktober 2018, slik at bygget kan klargjerast for innflytting tidleg 2019. Post- og varemottaket skal etter planen også overleverast i oktober 2018.

Øvre del av Rådhusgata blei opna som planlagd i mars 2017. Det går føre seg arbeid i Nedre Vollgate, og innkøyringstunnelen skal vere ferdig november 2018. Det meste av grunn- og betongarbeida vil vere ferdigstilte i innkøyringstunnelen i løpet av 2017, så 2018 vil hovudsakeleg gå med til opparbeiding av gatemiljø, innvendige arbeid, ferdigstilling og overlevering.

Per 1. januar 2018 er det til saman planlagt brukt 1 217 millionar kroner på prosjektet. I 2018 er det planlagt brukt 470 millionar kroner inkl. usikkerheitsavsettingar, mens den resterande delen av den totale kostnadsramma (sjå omtale nedanfor under post 45) vil bli brukt i 2019 i samband med sluttoppgjer og oppfølging i fasen då Prinsens gate 26, post- og varemottaket og innkøyringstunnelen blir tekne i bruk.

Her er ei oversikt over korleis midlane blir brukte/budsjetterte fordelt på Prinsens gate 26 inkl. post- og varemottak og innkøyringstunnel inkl. usikkerheitsavsettingar (tal i millionar kroner):

Aktivitet

t.o.m. 2016

2017

2018

2019

Sum

Prinsens gate 26 + post- og varemottak

588

367

363

119

1 437

Innkøyringstunnel

154

108

107

32

401

Sum

742

475

470

151

1 838

Prosjektrekneskapen inkluderer ikkje indirekte kostnader som husleige og løn til eigne tilsette og heller ikkje laust inventar og lause sikkerhetsinstallasjonar mv.

Prosjektet har hatt eit mykje større endringsomfang enn venta, noko som i hovudsak har si årsak i manglar og forseinkingar i prosjekteringsleveransane. Som følgje av dette har Stortinget varsla søksmål mot hovudleverandøren i prosjekteringsgruppa, og vil halde fram arbeidet med å førebu søksmålet.

I 2017 har Riksrevisjonen gjennomført ei særskilt undersøking av prosjektet på oppdrag frå Stortinget, med overlevering av rapport i juni og behandling i Stortinget same månaden. Stortingets presidentskap har peika ut ei arbeidsgruppe som skal føreslå naudsynte endringar i relevant regelverk og retningsliner osb. for å følgje opp dei påpeikingane og tilrådingane som rapporten inneheld. Tilrådingane frå arbeidsgruppa skal liggje føre innan utgangen av 2017.

Det blir jobba aktivt med risikostyringa for å gjere prosjektet ferdig i tråd med kostnad, kvalitet og tid. Status i prosjektet blir rapportert månadleg til prosjektrådet og presidentskapet. Det er framleis uvisse i prosjektet, men det er per no ikkje avdekt forhold som tilseier at det er behov for å auke kostnadsramma for prosjektet ytterlegare.

Andre aktivitetar

For å sikre at dei arkitektoniske og kulturhistoriske verdiane i bygningsmassen blir varetekne, skal arbeidet med ein verne- og forvaltingsplan fullførast. Alle tiltak i bygningsmassen skal gjennomførast i samsvar med ein heilskapleg plan for interiør og uttrykk.

Vedlikehald og naudsynte ombyggingar for å leggje til rette for endra behov blir gjennomført fortløpande, og arbeidet med ein langsiktig vedlikehalds- og utviklingsplan held fram i 2018.

Nytt elektronisk verktøy for forvalting, drift, vedlikehald og utvikling av bygningsmassen blir skaffa og er planlagt teke i bruk i løpet av 2018. Verktøyet vil gje ei samla varetaking av grunndata for eigedom, bygg og anlegg. Ei samla oversikt over arealbruk og kapasitet gjev betre grunnlag for analysar og bidrar til ei best mogleg utnytting av den samla bygningsmassen.

I 2018 skal administrasjonen planleggje og realisere allereie planlagde sikringsprosjekt og utvikling av teknologiske løysingar innanfor tryggingsområdet.

Evna verksemda har til å handtere større uønskte hendingar, skal utviklast. I dette arbeidet vil einingar som sit med kritiske funksjonar, vidareutvikle prosedyrar og rutinar knytte til handtering av kriser. Det vil i tillegg bli gjennomført øvingar på utvalde område.

Attraktiv, kompetent organisasjon med godt arbeidsmiljø

Stortingets administrasjon skal ha eit godt arbeidsmiljø og ein felles kultur basert på verdiane hjelpsam, ansvarleg, pålitelig og open. Stortingets administrasjon jobbar kontinuerleg med å utvikle og vidareutvikle gode tenester innanfor administrasjonen sitt ansvarsområde.

For å sørgje for heilskapleg IT-styring blei det i 2017 utarbeidd ny styringsstruktur som skal sikre gode avgjerder og eit godt samarbeid om behov og prioriteringar.

Auka mobilitet og samhandling gjennom IT-løysingar i samfunnet generelt gjer at trusselbiletet for verksemda er i stor endring. Spionasje knytt til val og ønske om innsyn i politiske prosessar er blitt ein del av verkelegheita. Dette inneber at løysingane rundt IT-sikkerheit blir vidareutvikla som ledd i å sikre Stortingets verdiar.

Den interne styringa skal vidareutviklast ved å forbetre styringsprosessar og leiarstøtte.

HR-strategien varer ut 2018, men perioden blir forlenga til 2019. I 2018 er det særleg tiltak innan implementering av leiarkrav, medarbeidarskap og eit heilskapleg kompetanseprogram som vil bli prioriterte.

Stortingets administrasjon vil jobbe målretta med samfunnsansvar i innkjøp og oppfølging av kontraktar, og vil i 2018 implementere eit system for verdikjedekontroll for å forsterke dette arbeidet.

Budsjettet

Budsjettet omfattar den parlamentariske aktiviteten, medrekna Stortingets deltaking i internasjonale parlamentarikarforsamlingar, reiser elles og godtgjerslene til stortingsrepresentantane. Budsjettet omfattar den administrative drifta og vedlikehaldet av Stortinget.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar løn og godtgjersler for stortingsrepresentantar og tilsette og utgifter til Stortingets kjøp av varer og tenester. Vidare omfattar posten utgifter til reiser og deltaking i faste internasjonale parlamentarikarforsamlingar. Utgifter til trykking av Stortingets publikasjonar, drift av Stortingets bibliotek og arkiv og vedlikehald og drift av bygningane og tenestebustadene til Stortinget er òg med i denne posten.

Det er ikkje lagt opp til vekst i nye stillingar i 2018. I tillegg har presidentskapet pålagt administrasjonen eit effektivitetskutt på 2,5 %, på linje med forvaltinga elles. Veksten frå 2017 til 2018 er i sin heilskap knytt til endringar i pensjonsordning i tråd med staten elles.

Post 45 Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald, kan overførast

Løyvinga til prosjektet Prinsens gate 26 mv. utgjer den største delen av denne posten, med 470 millionar kroner. Ombyggingsarbeida i Prinsens gate 26, nytt post- og varemottak og ny underjordisk innkøyringstunnel har ei estimert total kostnadsramme på ca. 1 838 millionar kroner per 1. januar 2018, og er planlagd sluttført i 2018. Byggjekostnadsindeks for bustader frå Statistisk sentralbyrå blir lagd til grunn for indeksjustering i perioden 2015–2018. Sjå ovanfor for nærare omtale av prosjektet.

Anna vedlikehald og ombyggingsarbeid i Stortingets bygningsmasse (mellom anna pendlarbustader) utgjer i 2018 66 millionar kroner. Vidareutviklinga i IT-støtta er mellom anna knytt til det parlamentariske arbeidet gjennom ei større fornying av det gjeldande elektroniske parlamentariske oppfølgingssystemet som er omtalt i proposisjonsteksten. Utgiftene til dette arbeidet i 2018 er anslått til 21 millionar kroner. I tillegg kjem anna vidareutvikling og sikring av IT-systema, og kjøp og utskifting av teknisk utstyr med ei samla kostnadsramme på om lag 35 millionar kroner. Anskaffing av nytt læringsspel for skuleelevar er i 2018 berekna til å koste 3 millionar kroner, og prosjektet har ei planlagd totalramme på 15 millionar kroner. Kunstinnkjøp er planlagd i 2018 med 5 millionar kroner.

I framlegg til romartalsvedtak V.1 ber ein om samtykke til å inngå avtaler for oppgåver som blir avslutta i 2018 og seinare under denne posten.

Post 70 Tilskot til partigruppene

Posten omfattar tilskota frå Stortinget til gruppesekretariata i partia. Tilskotet til kvar stortingsgruppe er avhengig av representasjonen til partiet på Stortinget.

Post 72 Tilskot til biblioteket ved Det Norske Nobelinstituttet

Posten omfattar tilskot til biblioteket ved Nobelinstituttet.

Post 73 Kontingentar til internasjonale delegasjonar

Posten omfattar kontingentane til Nordisk råd, OSSEPA og IPU.

Post 74 Tilskot til skular

Posten omfattar støtte til søkjarar frå skular som besøkjer Stortinget.

Kap. 3041 Stortinget

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Salsinntekter

9 308

7 500

8 300

03

Leigeinntekter

499

200

1 100

Sum kap. 3041

9 807

7 700

9 400

Kap. 42 Ombodsmannsnemnda for Forsvaret

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

6 316

7 100

7 300

Sum kap. 0042

6 316

7 100

7 300

Hovudoppgåver

Ombodsmannsnemnda skal bidra til å sikre dei allmennmenneskelege rettane for Forsvarets personell, og ved arbeidet sitt søkje å medverke til å effektivisere Forsvaret. Ombodsmannsnemnda består av sju medlemar som blir valde av Stortinget for fire år om gangen. Leiaren av nemnda får tittelen ombodsmann for Forsvaret og leiar ombodsmannens administrasjon.

Vernepliktige, befal og sivilt tilsette i Forsvaret kan klage til ombodsmannen dersom dei meiner seg urett, urettferdig eller urimeleg behandla. Ombodsmannen får inn om lag 100 klager kvart år. I tillegg blir det behandla mange førespurnader som blir løyste på ein enklare måte.

Ombodsmannsnemnda gjennomfører årleg ei rekkje synfaringar til militære avdelingar og tenestestader. Nemnda fokuserer særskilt på dei vernepliktige generelt og spesielt på eigedom, bygg og anlegg (EBA) og personleg kledning og utrusting (PBU). Synfaringsrapportane blir sende til Stortinget og Forsvaret.

Ombodsmannen deltek òg i internasjonalt arbeid i regi av DCAF (Democratic Control of Armed Forces) og OSCE (Organization for Security and Co-operation in Europe).

Framlegging for Stortinget

Ombodsmannsnemnda sender årleg melding om verksemda si til Stortinget – Dokument 5. Gjenpart av meldinga blir send Forsvarsdepartementet og Forsvarets organ og avdelingar. Nemnda kan, når ho finn det ønskeleg, òg sende rapport til Stortinget om enkeltsaker gjennom året.

Av Dokument 5 for 2016–2017 går det fram at det samla talet på klager held seg relativt stabilt. Klager frå vernepliktige handlar mellom anna om innkalling til HV-øvingar, bytte av tenestestad, arbeidstid og økonomiske forhold. Klagene frå befal gjeld ofte relegering, forbigåing ved tilsetting, husleige og diverse tillegg.

Meldinga til Stortinget inneheld i tillegg fleire faste innspel frå einingar i Forsvaret som alle har eit betydeleg arbeid med og for personellet, slik som Tillitsvaldordninga (TVO), Forsvarets Sanitet, Forsvarsstabens personellavdeling (FST-P), Forsvarets sentrale hovudverneombod, Forsvarets høgskole (Fokus), Forsvarets personell- og vernepliktssenter (FPVS), Feltprestkorpset og Generaladvokaten.

Stortingets presidentskap påla Ombodsmannen for Forsvaret eit effektivitetskutt på 2,5 %, på linje med forvaltinga elles dei siste tre åra. Denne reduksjonen er lagd inn i budsjettet for 2018. Veksten frå 2017 til 2018 er i sin heilskap knytt til endringar i pensjonsordning i tråd med staten elles.

Kap. 43 Stortingets ombodsmann for forvaltninga

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

70 442

76 300

83 500

Sum kap. 0043

70 442

76 300

83 500

Hovudoppgåver og organisering

Sivilombodsmannens føremål og oppgåver følgjer av lov om Stortingets ombudsmann for forvaltningen av 22. juni 1962, og Stortingets instruks for ombodsmannen av 19. februar 1980. Sivilombodsmannen er vald av Stortinget for ein periode på fire år.

Som Stortingets tillitsmann skal Sivilombodsmannen føre kontroll med at det i den offentlege forvaltinga ikkje blir gjort urett eller feil mot den einskilde borgaren. Ombodsmannen skal òg bidra til at forvaltinga respekterer og sikrar menneskerettane. Desse oppgåvene blir først og fremst varetekne gjennom undersøkingar og behandling av klager frå enkeltpersonar, organisasjonar eller selskap.

Ombodsmannen står fritt til å ta opp dei spørsmåla han meiner er av interesse, og kan setje i verk saker av eige tiltak. Slike undersøkingar er i hovudsak baserte på kjennskap til forhold i forvaltinga det kan vere grunn til å ta opp særskilt. Ombodsmannen er òg nasjonal førebyggjande mekanisme for førebygging av tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Vidare søkjer ombodsmannen å hindre urett gjennom ulike kommunikasjonstiltak, slik som føredragsverksemd.

Gjennom meldingane sine til Stortinget gjev Sivilombodsmannen informasjon om korleis Grunnlova, lover og Stortingets vedtak i praksis blir brukte i forvaltinga, og om verksemda som følgjer av førebyggingsmandatet.

Ombodsmannens kontor er organisert i tre avdelingar som behandlar klagesaker innan ulike rettsområde, ei utgreiingsavdeling, ei eining for førebygging av tortur og ei administrasjonsavdeling.

Rapport for 2016

Ombodsmannens årsmeldingar for 2016 blei leverte til Stortinget i mars 2017. Sivilombodsmannens årsmelding i Dokument 4 (2016–2017) gjer greie for hovudinntrykk frå klagesaksbehandlinga i 2016, og omtaler òg nokre utviklingstrekk i forvaltinga basert på ombodsmannens meir generelle erfaringar. Årsmeldinga for Førebyggingseininga, Dokument 4:1 (2016–2017), gjev ei nærare omtale av førebyggingsarbeidet i 2016.

Klagesaksbehandling

Dei siste åra har sakstilfanget vore relativt stabilt, og ligg på i overkant av 3 000 saker i året. Det kom inn 3 111 saker i 2016, mot 3 052 året før. I tillegg blei 17 saker tekne opp av eige tiltak i 2016, mot 26 saker i 2015. Talet på avslutta saker var 3 016 i 2016, mot 3 093 året før. Fordelinga mellom realitetsbehandla og avviste saker har vore relativt stabil gjennom fleire år, og ligg på kvar for seg ca. 45 % og 55 %.

Saksbehandlingstida har gått noko opp i 2016, etter å ha hatt ein jamn nedgang dei seinaste åra. Saksbehandlingstida heng saman med både intern ressursbruk, kompleksiteten i sakene og kor raskt forvaltinga responderer på undersøkingar frå ombodsmannen. Auken i saksbehandlingstida i 2016 blir i hovudsak forklart gjennom mellombelse effektar av omorganiseringa ved kontoret i 2016, då mange tilsette måtte setje seg inn i nye saksområde. Av same årsak har det i 2016 vore redusert kapasitet til å setje i gang saker av eige tiltak.

Sivilombodsmannens førebyggingsarbeid

Førebyggingseininga mot tortur og umenneskeleg behandling ved fridomstap blei oppretta ved Sivilombodsmannens kontor i 2014, i tråd med tilleggsprotokollen til FNs torturkonvensjon (OPCAT). Førebyggingseininga har åtgang til å besøkje alle stader der personar har fått fridomen sin teke frå seg, for å førebyggje tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Det blei gjennomført totalt 11 besøk til stader for fridomstap i 2016, samtidig som tidlegare gjennomførte besøk blei følgde opp. Sivilombodsmannen byrja i 2016 òg med besøk til barnevernsinstitusjonar. Det blei òg gjeve ei rekkje presentasjonar av funn og utfordringar som førebyggingsarbeidet har avdekt, på fagkonferansar, i etatane, i offentlege debattar og til sivilt samfunn.

Menneskerettsarbeid

Sivilombodsmannen arrangerte i oktober 2016 eit seminar om rettstryggleik i psykisk helsevern. Hovudspørsmålet som blei stilt, var korleis ein sikrar rettane til pasientar ved bruk av tvang. Sivilombodsmannen ønskte med seminaret å sjå nærare på kva kontroll- og tilsynsorgan som finst for pasientar i psykisk helsevern, og korleis desse fungerer.

Ombodsmannen behandlar jamleg klagesaker som vedkjem Noregs menneskerettslege forpliktingar. Ei omtale av utsegner i 2016 der det er vist til ei menneskerettsleg forplikting, finst i artikkelen «Arbeidet med menneskerettigheter» i ombodsmannens årsmelding for 2016, Dokument 4 (2016–2017). Artikkelen handlar òg om ombodsmannens undersøkingar av eige tiltak, arbeidet med openheit og ytringsfridom i forvaltinga, arbeidet i førebyggingseininga og Sivilombodsmannens internasjonale samarbeid.

Mål og budsjett for 2018

Ein stor del av verksemda til ombodsmannen går ut på å gjennomføre undersøkingar og gjere rettslege vurderingar av utvalde spørsmål. I den overordna strategien for 2015–2019 er det eit mål at ombodsmannen skal prioritere arbeidsinnsatsen der han får størst betyding. Dette inneber mellom anna at ombodsmannen i 2018 vil vidareføre bruken av prioriteringskriterium når det blir vurdert kva klager som gjev tilstrekkeleg grunn til behandling og det blir gjort nærare undersøkingar. Prioriteringskriteria blei gjennomgåtte i 2017, og bruken av dei blir følgd opp i 2018.

Verksemda blei omorganisert i 2016. Det blei mellom anna innført færre, men større avdelingar som behandlar klagesaker. Det blir venta at den nye organiseringa av kontoret vil gje effektar på dei strategiske måla òg i 2018.

Måla om å bli betre kjent, å arbeide for å ha tillit hos borgarane og å få gjennomslag i forvaltinga blir òg følgde opp i 2018, mellom anna gjennom at kommunikasjonsarbeidet held fram, og oppfølging av ombodsmannens kritikk av forvaltinga.

Funksjonen som nasjonal førebyggjande mekanisme blir vidareutvikla i 2018. I samband med det vil det bli gjennomført besøk til fleire stader der menneske har fått fridomen sin krenka, mellom anna fengsel, politiarrestar, stader under tvunge psykisk helsevern, inkludert slike stader for barn og unge, og barnevernsinstitusjonar. Det vil framleis bli lagt stor vekt på vidareutvikling av metodikk og kunnskapsgrunnlag. Det vil òg bli lagt vekt på å systematisere arbeidet med oppfølging av stadene og sektorane som blir besøkte.

Institusjonen vil framleis arbeide internt for å ha ei tydeleg leiing og sikre at arbeidsprosessane er effektive og gode. Ein ny IT-driftsmodell som blir sett i verk i 2017, er venta å forbetre arbeidsprosessane i 2018. Ombodsmannen vil òg i større grad ta i bruk elektronisk kommunikasjon med klagarane og forvaltinga.

Noverande kontorlokale er uskikka og har for liten kapasitet. Det blir arbeidd med å inngå ny leigekontrakt som vil gjelde frå tidleg i 2018.

Post 01 Driftsutgifter

Stortingets presidentskap påla Sivilombodsmannen eit effektivitetskutt på 1,5 %. Denne reduksjonen er lagd inn i budsjettet for 2018. Posten omfattar lønsutgifter og utgifter til Sivilombudsmannens kjøp av varer og tenester.

Veksten frå 2017 til 2018 er i sin heilskap knytt til endringar i pensjonsordning i tråd med staten elles.

Kap. 44 Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

14 765

15 000

18 800

Sum kap. 0044

14 765

15 000

18 800

Stortingets presidentskap påla EOS-utvalet eit effektivitetskutt på 2,5 %, på linje med forvaltinga elles dei siste tre åra. Denne reduksjonen er lagt inn i budsjettet for 2018. Veksten frå 2017 til 2018 er i sin heilskap knytt til endringar i pensjonsordning i tråd med staten elles.

Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-utvalet) er eit permanent utval, oppretta i 1996. Utvalet har sju medlemar. Medlemane blir valde for eit tidsrom på inntil fem år av Stortinget i plenum. Medlemane kan bli nemnde opp på nytt etter innstilling av Stortingets presidentskap.

Hovudoppgåver

EOS-utvalet skal føre regelmessig tilsyn med etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste (EOS-teneste) som blir utført i sivil og militær forvalting. Oppgåvene til kontrollutvalet er å gjennomføre inspeksjonar, undersøkje klager og ta opp saker av eige tiltak som utvalet ut frå føremålet finn det rett å behandle. Hovudføremålet er å vareta rettstryggleiken til den einskilde og sjå til at tenestene respekterer menneskerettane.

Det blir årleg gjeve melding til Stortinget om verksemda til utvalet, og særskilte meldingar ved behov.

Rapport 2016

Utvalet har i 2016 gjennomført 26 inspeksjonar; PST er inspisert 10 gonger, E-tenesta 5 gonger, NSM 4 gonger og FSA 3 gonger. Personelltryggleikstenesta i Politidirektoratet, personelltryggleikstenesta hos Fylkesmannen i Rogaland, etterretnings- og tryggleiksfunksjonar ved Sjøforsvarets hovudbase Haakonsvern og Forsvarets operative hovudkvarter er inspisert ein gong kvar. Utvalet har i 2016 ikkje sett grunn til å gjennomføre umelde inspeksjonar.

I 2016 undersøkte utvalet 51 saker av eige tiltak, mot 37 saker i 2015.

Utvalet undersøkjer klager frå enkeltpersonar og organisasjonar. Det kom inn 32 klager til utvalet i 2016, mot 23 klager i 2015. Utvalet har på formelt grunnlag avvist nokre klagesaker, mellom anna ut frå at forholdet fell utanfor utvalet sitt kontrollområde.

Utvalet meiner at ressursbruken har vore effektiv i 2016, både med tanke på kva det er brukt ressursar på, og korleis desse er blitt nytta.

Samla sett er utvalet fornøgd med resultat, måloppnåing og ressursbruk i 2016.

Nærare opplysningar om verksemda er gjeve i årsmeldinga frå utvalet for 2016 (Dokument 7:1 (2016–2017)).

Mål for 2018

Utvalet har som hovudoppgåve å føre løpande kontroll med EOS-tenestene. Kontrollen blir gjennomført i form av inspeksjonar, behandling av klagesaker og behandling av sakar som blir tekne opp av eige tiltak. Den faglege verksemda til utvalet blir i hovudsak styrt av kva som kjem fram gjennom inspeksjonsverksemda og klagesaker, og av dei signala Stortinget gjev ved behandlinga av årsmeldingane frå utvalet. I tillegg tek utvalet opp saker på bakgrunn av opplysningar som kjem fram for allmenta.

Rammene for verksemda til utvalet er fastsette i lov og instruks om kontroll med etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste. I samsvar med kontrollinstruksen § 11 nr. 2 skal den årlege tilsynsverksemda til utvalet minst omfatte fire halvårlege inspeksjonar av E-tenesta sentralt, kvartalsvise inspeksjonar i Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), seks inspeksjonar av PST sentralt og tre inspeksjonar av Forsvarets tryggingsavdeling. I tillegg skal utvalet inspisere PST-einingar i minst fire politidistrikt, minst to E-tenestestasjonar og/eller tryggings- og etterretningsfunksjonar ved militære stabar og avdelingar, og personelltryggingstenesta ved minst to departement eller etatar utanfor NSM. Utvalet vil òg i 2018 gjennomføre inspeksjonar i samsvar med krava, i tillegg til å behandle innkomne klagesaker og undersøkje saker i EOS-tenestene.

Innanfor rammene for verksemda arbeider EOS-utvalet kontinuerleg for å betre kontrollen. I budsjettforslaget frå utvalet for 2018 har utvalet opplyst om behovet for å utvide sekretariatet med ein jurist og to teknologar. Bakgrunnen for behovet for juriststillinga er særleg aukande saksmengd, større grad av delegasjon til sekretariatet og vedtekne utvida politimetodar (dataavlesing). Behovet utvalet har for fleire teknologar i sekretariatet, er særleg grunngjeve med at teknisk kompetanse er naudsynt for å utføre kontrolloppgåva på tilfredsstillande måte framover.

Utvalet ventar på Stortingets endringar i EOS-kontrollova på bakgrunn av rapporten frå Evalueringsutvalet, og vil rette seg etter dei endringane dette måtte medføre for verksemda.

Kap. 45 Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

9 595

20 600

24 500

Sum kap. 0045

9 595

20 600

24 500

Hovudoppgåver og organisering

Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar (Nasjonal institusjon) blei oppretta 1. juli 2015 som eit organ organisatorisk lagt under Stortinget. Føremålet og oppgåvene til institusjonen følgjer av lov om Norges nasjonale institusjon for menneskerettigheter av 22. mai 2015 nr. 33 (NIM-lova), og Stortingets instruks for Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar som blei vedteken av Stortinget 30. april 2016.

Nasjonal institusjon blir leia av eit styre og ein direktør. Styret har det overordna ansvaret for den faglege verksemda, økonomien og drifta til den nasjonale institusjonen. Stortinget vel både styre og direktør. Styret er vald for ein periode på fire år, mens direktøren er vald for ein periode på seks år.

Nasjonal institusjon skal bidra til å styrkje gjennomføringa av menneskerettane, særleg ved å overvake og rapportere om menneskerettane si stilling i Noreg, medrekna å leggje fram tilrådingar for å sikre at Noreg oppfyller dei menneskerettslege forpliktingane sine, gje råd til Stortinget, regjeringa, Sametinget og andre offentlege organ og private aktørar om gjennomføringa av menneskerettane, informere om menneskerettane, medrekna å rettleie enkeltpersonar om nasjonale og internasjonale klageordningar, fremje opplæring, utdaning og forsking på menneskerettane, leggje til rette for samarbeid med relevante offentlege organ og andre aktørar som arbeider med menneskerettane, og delta i internasjonalt samarbeid for å fremje og beskytte menneskerettane. Den nasjonale institusjonen skal ikkje prøve enkeltsaker om krenking av menneskerettar. Stortinget har føresett at institusjonen skal vere samlokalisert med, og administrativt knytt til, Sivilombodsmannen.

Rapport for 2016

Det følgjer av § 11 i NIM-lova at Nasjonal institusjon årleg skal gje ei årsmelding til Stortinget om institusjonen si verksemd og utviklinga av menneskerettssituasjonen i Noreg. Årsmeldinga Dokument 6 (2016–2017), blei levert Stortinget 28. mars 2017. Årsmeldinga i Dokument 6 (2016–2017) dekkjer eit breitt spekter av område, men er på ingen måte uttømmande. I meldinga gjev Nasjonal institusjon tilrådingar på nokre område der Nasjonal institusjon meiner norsk lovgjeving eller praksis anten bryt med menneskerettane, det er rom for forbetring eller det er særlege utfordringar som myndigheitene bør vere merksame på.

Mål og budsjett for 2018

Nasjonal institusjon har eit særs breitt mandat, då menneskerettane har betyding for nær sagt alle rettsområde. Institusjonen byggjer arbeidet sitt på 27 ulike område av rettar. Desse områda dannar grunnlag både for institusjonen si systematiske overvaking av menneskerettssituasjonen og for den interne arbeidsdelinga innanfor den juridiske analyseavdelinga. Det breie mandatet gjev Nasjonal institusjon eit unikt høve til å følgje det store biletet og å skape dialog med dei ulike menneskerettsaktørane.

Visjonen er eit sterkt og heilskapleg menneskerettsvern for alle. Det betyr at Nasjonal institusjon må jobbe breitt innanfor ei heil rekkje felt og ha tilsvarande brei kunnskap i organisasjonen. I strategien til Nasjonal institusjon for 2016–2020 er det sett overordna mål om å vere ein sterk fagleg aktør, ein samlande brubyggjar og ei tydeleg vaktbikkje. Ut frå breidda i mandatet til Nasjonal institusjon krev dette ei tydeleg prioritering av arbeidsinnsatsen. Denne prioriteringa byggjer på vurderingar basert på den systematiske overvakingsverksemda og med utgangspunkt i kriterium vedtekne av styret for seleksjon av saker i 2016.

Adekvat bemanning med tung fagleg kompetanse og tilstrekkeleg administrativ støtte er avgjerande for kva moglegheit Nasjonal institusjon har til å oppfylle oppdraget sitt og bli ein synleg og effektiv institusjon med legitimitet og gjennomslagskraft. Institusjonen vil framleis arbeide internt for å ha ei tydeleg leiing og sikre at arbeidsprosessane er effektive og gode. Ettersom institusjonen er relativt nyoppretta, er eit av måla som blir følgd opp i 2018, å bli endå betre kjend, styrkje menneskerettsvernet i norsk forvalting og skape auka forståing og kunnskap om menneskerettane i allmenta elles.

Integreringa av Gáldu – kompetansesenter for urfolksrettar – i Nasjonal institusjon frå 1. januar 2017 medfører at ein har kontor både i Kautokeino og Oslo, noko som i seg sjølv fører til auka utgifter. I tillegg er det teke omsyn til at det vil krevje ekstra utgifter i form av reiser mellom dei to tenestestadene for å sikre ei reell integrering av Gáldu i Nasjonal institusjon.

Organisasjonen er framleis i ein utviklingsfase. Utviding av staben og innføring av rekneskapsføring av pensjonsutgifter fører til vekst i lønskostnadene. Ein må difor i 2018 rekne med ein auke av lønsutgiftene samanlikna med i dette året. Det er inkludert lønsvekst på 3 % og nye stillingar.

I tillegg til å sikre midlar til drift har ein i budsjettframlegget lagt til grunn at det skal vere gode moglegheiter for spesielle prosjekt som konferansar og seminar. I ein oppstartsfase er det òg viktig å prioritere kompetansehevande tiltak for alle tilsette for å sikre at breidda i mandatet blir vareteke på ein fagleg sterk måte.

Stortingets presidentskap påla Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar eit effektivitetskutt på 2,5 %, på linje med forvaltinga elles dei siste tre åra. Denne reduksjonen er lagd inn i budsjettet for 2018. Veksten frå 2017 til 2018 er i sin heilskap knytt til endringar i pensjonsordning i tråd med staten elles.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter, utgifter til kjøp og tenester til Nasjonal institusjon, og driftsutgifter som kjem på hos Sivilombodsmannen. Føresetnaden om samlokalisering med Sivilombodsmannen avgrensar kor mange kontorplassar, og dermed årsverk, Nasjonal institusjon kan ha dei første driftsåra. Det blir lagt opp til noko budsjettvekst utover løns- og prisvekst for å ta høgd for auka driftskostnader som følgje av at talet på tilsette og dermed aktivitetsnivået vil auke. Behovet for å kjøpe eksterne tenester aukar noko i og med at NIM har fått eit avdelingskontor i Kautokeino i tillegg til kontoret i Oslo.

Kap. 51 Riksrevisjonen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

501 217

468 200

526 600

75

Internasjonale organisasjonar og nettverk

21 900

25 000

25 800

Sum kap. 0051

523 117

493 200

552 400

Hovudoppgåver og organisering

Riksrevisjonen blir leia av eit kollegium sett saman av fem riksrevisorar som er valde av Stortinget for ein periode på fire år. Riksrevisjonens føremål, oppgåver og rammevilkår følgjer av lov om Riksrevisjonen av 7. mai 2004 nr. 21 og instruks om Riksrevisjonens verksemd av 11. mars 2004. Riksrevisjonen skal gjennom revisjon, kontroll og rettleiing bidra til at inntektene til staten blir betalte inn som føresett, og at staten sine midlar og verdiar blir brukte og forvalta på ein økonomisk forsvarleg måte og i samsvar med Stortingets vedtak og føresetnader, jf. riksrevisjonslova § 1.

Riksrevisjonen kan òg etter avtale ta på seg revisjons-, kontroll- eller bistandsoppdrag internasjonalt. Stortinget kan påleggje Riksrevisjonen å setje i gang særlege undersøkingar. Oppgåvene er nærare utdjupa i instruksen om Riksrevisjonens verksemd.

Riksrevisjonen er organisert i sju avdelingar, av dei tre rekneskapsrevisjonsavdelingar, to forvaltingsrevisjonsavdelingar, ei avdeling for metodestøtte og utvikling og ei administrasjonsavdeling og ein stabsseksjon knytt til revisjonsråden. Det blir arbeidd med Riksrevisjonens overordna strategiske plan, og dette kan resultere i organisatoriske justeringar.

Rapport 2016

Riksrevisjonens visjon for planperioden 1. mai 2014 til 30. april 2018 er å bidra til betre offentleg ressursbruk. Det er definert tre strategiske mål for perioden:

  • Aktuell og samfunnsnyttig revisjon

  • Profesjonell revisjon og kontroll

  • God leiing og effektiv ressursbruk

Rapporteringa for 2016 viser tilfredsstillande måloppnåing, og at revisjonen i hovudsak er gjennomført i tråd med planen. Ikkje pårekna forhold fører likevel alltid med seg eit behov for nokre omprioriteringar av ressursane. Omprioriteringar er baserte på ei vurdering av vesentlegheit og risiko for feil og manglar.

I 2016 blei 68 % av personalressursane brukte på revisjonsfaglege aktivitetar, 4 % på internasjonale aktivitetar, 6 % på kompetanseutvikling og 22 % på administrasjon og andre støttefunksjonar, som IKT, økonomi, personal, arkiv, bibliotek, reinhald, resepsjon og sentralbord. Ressursar som er brukte til revisjonsfaglege aktivitetar, har blitt reduserte med eitt prosentpoeng samanlikna med 2015.

I 2016 flytta Riksrevisjonens hovudkontor inn i nye lokale i Oslo sentrum. Flyttinga førte til eingongsutgifter knytte til flytteprosess og investering i inventar og utstyr på til saman litt over 40 millionar kroner.

Riksrevisjonen har i samband med bistand til institusjonsutvikling av andre riksrevisjonar rapportert inn 9,7 millionar kroner som bistandsmidlar (DAC-midlar) til OECD via Norad i 2016. I 2015 var dette talet 11,4 millionar kroner.

Ei detaljert orientering om verksemda i 2016 blei lagd fram for Stortinget i Dokument 2 (2016–2017).

Mål og budsjett for 2018

Riksrevisjonen utfører arbeidet sitt i tråd med Riksrevisjonens overordna visjon og overordna målsettingar i gjeldande strategiplan. Ny strategiplan er under utarbeiding, noko som kan føre til endringar i både prioriteringar, oppgåveløysing og ressursbruk.

Arbeidet med å leggje til rette for best mogleg nytting av eigne ressursar vil bli vidareført i 2018, både innanfor revisjon og støttefunksjonane. Det vil difor bli fokusert kontinuerleg på forbetring av revisjonsprosessane, kompetanse og kompetanseutviklingsprosessar, og på leiing og leiingsutviklingsprosessar. I 2018 blir det teke sikte på å redusere talet på tilsette, noko som er reflektert i budsjettframlegget.

Flytting til nye lokale har ført til at Riksrevisjonens utgifter til lokale i 2018 blir meir enn 12 millionar kroner høgare enn det dei var i 2016. Det er òg planlagd nyinvesteringar knytte til datatryggleik og digitalisering, noko som fører til auka eingongsutgifter i 2018. Investeringar i datatryggleik omfattar tiltak som blir planlagde basert på råd frå NSM og Riksrevisjonens eigne trusselvurderingar. Resten av driftskostnadene blir justerte opp for å ta høgd for løns- og prisvekst og tenestekjøp i samband med omlegging av Riksrevisjonens nettstad og planlagde effektiviseringstiltak.

Utviklingssamarbeidet med riksrevisjonar i andre land vil bli vidareført i 2018, og Riksrevisjonen vil framleis samarbeide tett med IDI (INTOSAI Development Initiative), spesielt når det gjeld å bidra til å styrkje regionale INTOSAI-organisasjonar.

Stortingets presidentskap påla Riksrevisjonen eit effektivitetskutt på 2,5 %, på linje med forvaltinga elles dei siste tre åra. Denne reduksjonen er lagd inn i budsjettet for 2018. Veksten frå 2017 til 2018 er i sin heilskap knytt til endringar i pensjonsordning i tråd med staten elles.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og utgifter til Riksrevisjonens kjøp av varer og tenester. Lønsutviklinga i Riksrevisjonen blir venta å følgje lønsutviklinga i staten elles

Post 75 Internasjonale organisasjonar og nettverk

Budsjettposten gjeld drifta av INTOSAI Development Initiative (IDI). Eit mål med arbeidet til IDI er å styrkje offentleg revisjon i utviklingsland og gjennom dette bidra til godt styresett, utvikling og kamp mot fattigdom. IDI er organisert som ei stifting med eit styre, sekretariat og ein rådgjevande komité. Styret i stiftinga blir leia av riksrevisor.

Finansiering av IDI sine utviklingsprogram kjem frå fleire gjevarar, mellom dei Det internasjonale fondet for landbruksutvikling, Finland, INTOSAI, Irland, Storbritannia, Sveits, Sverige, USA, Verdsbanken, Austerrike og riksrevisjonane i Kuwait og Saudi-Arabia. Fleire riksrevisjonar støttar òg opp om arbeidet til IDI i form av ressursar og tenester. Tilskotet frå Riksrevisjonen finansierer drifta for IDI-sekretariat i tråd med intensjonen i Innst. S nr. 8 (1998–99), og summen for 2017 er på 25 millionar kroner. Summen for 2018 blir føreslått auka med 3 % for dekking av pris- og lønsvekst, og blir føreslått sett til 25,75 millionar kroner.

Kap. 3051 Riksrevisjonen

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Refusjon innland

1 887

1 800

2 200

02

Refusjon utland

886

300

300

Sum kap. 3051

2 773

2 100

2 500

Riksrevisjonen vil ta imot refusjonar i samband med inngått leigeavtale med IDI-sekretariatet og internasjonale revisjonsoppdrag.

Programområde 23 Finansadministrasjon

Programkategori 23.10 Finansadministrasjon

Utgifter under programkategori 23.10, fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1600

Finansdepartementet

381 540

439 621

463 500

5,4

1602

Finanstilsynet

359 622

361 903

386 600

6,8

1605

Direktoratet for økonomistyring

390 431

393 630

473 900

20,4

1608

Tiltak for å styrkje statleg økonomi- og prosjektstyring

19 790

15 953

18 841

18,1

Sum kategori 23.10

1 151 383

1 211 107

1 342 841

10,9

Kap. 1600 Finansdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

325 291

367 203

373 700

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

42 849

58 618

77 600

70

Forsking på og allmennopplysning om finansmarknaden

13 400

13 800

12 300

Sum kap. 1600

381 540

439 621

463 600

Hovudoppgåver

Arbeidsoppgåvene til Finansdepartementet kan delast inn i fem hovudområde:

  1. Samordning av den økonomiske politikken, som omfattar

    • overvaking og analyse av den økonomiske utviklinga

    • finanspolitikk

    • penge- og valutapolitikk

    • inntekts- og fordelingspolitikk

    • strukturpolitikk, mellom anna verkemåten til arbeidsmarknaden og produktmarknadene

    • samordning av regjeringa sitt arbeid med berekraftig utvikling

    • internasjonalt økonomisk samarbeid

    • offisiell statistikk, irekna overordna styring av Statistisk sentralbyrå

  2. Arbeidet med formues- og gjeldsforvalting, som omfattar

    • investeringsstrategien til Statens pensjonsfond utland og Statens pensjonsfond Noreg, medrekna strategien for ansvarleg forvalting

    • oppfølging og vidareutvikling av rammeverket for forvaltinga av Statens pensjonsfond

    • statleg gjeldsforvalting

  3. Arbeidet med statsbudsjettet, som omfattar

    • utgifter og inntekter på statsbudsjettet under dei einskilde fagdepartementa

    • effektivitet og ressursbruk i statsforvaltninga, økonomiske og administrative verknader av offentlege utgifter og ordningane for kvalitetssikring av større statlege investeringsprosjekt

    • forvalting og utvikling av regelverket for økonomistyring i statsforvaltninga, tiltak for å leggje til rette for økonomistyringa i verksemdene og overordna styring av Direktoratet for økonomistyring

    • saker frå fagdepartementa med økonomiske og administrative følgjer

  4. Arbeidet på skatte- og avgiftsområdet, som omfattar

    • skatte- og avgiftsframlegg som ledd i den samla finanspolitikken

    • utvikling av regelverk for skattar, avgifter og toll

    • fordelingsverknadene av skatte- og avgiftssystema og verknader på inntektene til det offentlege og ressursutnyttinga i økonomien

    • styring av Skatteetaten og Tolletaten

    • internasjonalt samarbeid på skatte-, avgifts- og tollområdet

  5. Arbeidet med finansmarknadsspørsmål, som omfattar overordna styring av Finanstilsynet og utforming av regelverk for og overvaking av

    • finansinstitusjonane (bankar, andre kredittinstitusjonar, forsikringsselskap, m.m.)

    • verdipapirmarknaden og infrastrukturføretaka for verdipapirmarknaden (autoriserte marknadsplassar, verdipapirregister m.m.)

    • eigedomsmeklarar, rekneskapsførarar og revisorar

    • struktur- og konkurransepolitikk for finansmarknaden

    • finansiell stabilitet

Rapport

Økonomisk politikk og forvaltning av statsgjelda

Forvaltinga av statsgjelda har tidlegare vore omtalt i den årlege lånefullmaktsproposisjonen. Frå og med for 2016 vart omtalene flytta til statsbudsjettet og nasjonalbudsjettet. For 2018 ber Finansdepartementet om fullmakter for statleg opplåning i Prop. 1 S (2017–2018) Statsbudsjettet for budsjettåret 2018 (Gul bok), mens Meld. St. 1 (2017–2018) Nasjonalbudsjettet 2018 inneheld ein generell omtale av gjeldsforvaltninga.

Frå og med 2015 har Finansdepartementet overført alle dei operative oppgåvene på statsgjeldområdet til Noregs Bank. Banken utfører oppgåvene etter eit mandat gjeve av Finansdepartementet. Mandatet gjev banken i oppdrag å dekkje statens lånebehov slik dette er definert av departementet, samt forvalte uteståande statsgjeld.

Formuesforvalting

Departementet rapporterte om forvaltinga av Statens pensjonsfond (SPU) i 2016 i Meld. St. 26 (2016–2017) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2016.

Meldinga drøfta fleire sider ved strategien, mellom anna ei vurdering av aksjedelen i SPU, investeringar i unotert infrastruktur i SPU og retningsliner for statsobligasjonar i SPU. Det vart lagt opp til å auke aksjedelen i SPU til 70 pst. Det vart ikkje lagt opp til å opne for investeringar i unotert infrastruktur i SPU. For statsobligasjonar vart det lagt opp til å endre mandatet til Noregs Bank, slik at hovudstyret skal godkjenne kvart einskild utstedarland. Departementet omtalte i meldinga den nye reguleringa av eigedomsinvesteringar i SPU. Meldinga inneheldt òg analysar av resultata i forvaltinga for 2016 og ein brei omtale av arbeidet med ansvarleg forvalting. Stortinget hadde meldinga oppe 6. juni 2017.

Sjå elles omtale i del I, pkt. 2.1 Statens pensjonsfond.

Arbeidet med statsbudsjettet og økonomistyring i staten

Dei seinare åra har det vorte gjort større endringar i det internadministrative regelverket i staten. Føringa av statlege rekneskap har vorte meir normert og standardisert enn før. Verksemdsrekneskap og årsrapporter vert no presenterte for publikum på ein heilskapleg måte og vert gjorde tilgjengelege på heimesidene til både verksemder og departement. I oktober 2017 har Finansdepartementet lansert nettsida statsregnskapet.no som gjer høve til å samanlikne detaljert rekneskapsinformasjon både mellom verksemder og over tid. På denne måten har verksemda til staten vorte meir transparent, og allmenta får innsyn i staten sitt virke på ein heilt annan måte enn tidlegare.

Skatte- og avgiftsområdet

Delingsøkonomi

Delingsøkonomiutvalet leverte si innstilling til Finansdepartementet 6. februar (NOU 2017: 4 Delingsøkonomien – muligheter og utfordringer). Utgreiinga har vore på høyring med frist 8. mai 2017. Forslaga angår fleire departement. Finansdepartementet har i samråd med andre departement handsama saka og innspela i høyringa. Departementet syner til omtale i Meld. St. 1 (2017–2018) Nasjonalbudsjettet 2018, kap. 5.2. Spørsmål om skatt og avgift er omtalt nærare i Prop. 1 LS (2017–2018) Skatter, avgifter og toll 2018, kap. 29.

Renter

Finansdepartementet sende 4. mai 2017 på høyring forslag om endringar i reglane om grenser for frådraget for rentekostnader i selskap. Føremålet med endringane er å motverke flytting av overskot gjennom rentefrådraget. Høyringa følgjer opp Skattemeldinga og skatteforliket i Stortinget. Departementet syner til omtale av saka i Prop. 1 LS (2017–2018) Skatter, avgifter og toll 2018, kap. 26.

Notifikasjonsprosess for rederiskatteordninga

Sidan februar 2016 har det gått føre seg ein notifikasjonsprosess med EFTAs overvakingsorgan (ESA) om den særlege skatteordninga for reiarlag. Finansdepartementet notifiserte 24. mai 2017 ei vidareføring av ordninga for ein ny periode (fram til 31. desember 2026). I eit vedtak av 23. juni 2017 har ESA utvida godkjenninga av gjeldande ordning til 31. desember 2017. På bakgrunn av prosessen med ESA vil Finansdepartementet gjere framlegg om nokre endringar i ordninga.

Enklare reglar for utanlandske arbeidstakarar

Finansdepartementet sende 7. april 2017 på høyring forslag om ei ordning med kjeldeskatt for utanlandske arbeidstakarar. Føremålet med ordninga er å gje enklare reglar for denne gruppa som òg kan bidra til riktigare skattlegging. Departementet arbeider med innspela i høyringa og tek sikte på å fremje eit lovforslag i 2018.

Fritak for eigedomsskatt på arbeidsmaskinar og tilhøyrsle i verk og bruk

Finansdepartementet sende 18. juni 2015 på høyring framlegg om å fjerne reglane om eigedomsskatt på arbeidsmaskinar og tilhøyrsle i såkalla «verk og bruk». Vasskraftverk var ikkje omfatta av framlegget. Saka og innspela frå høyringa har vore til handsaming i departementet. Det vert no gjort framlegg om å frita produksjonsutstyr og produksjonsinstallasjonar for eigedomsskatt. Departementet viser til framlegg til endringar i eigedomsskattelova i Prop. 1 LS (2017–2018) Skatter, avgifter og toll 2018, kap. 7.1.

Differensiert arbeidsgjevaravgift

Finansdepartementet har i 2017, saman med Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet, halde fram arbeidet med å få endra EU-reglane om regional statsstøtte. Arbeidet har ført fram slik at det no igjen er mogleg å gje støtte i form av redusert arbeidsgjevaravgift også til føretak som driv med energi og transport.

Ny ordning for skattlegging av opsjonar for tilsette i oppstartsverksemder

Som varsla i Revidert nasjonalbudsjett 2017, har Finansdepartementet, i samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet, arbeidd med ei ny ordning for gunstigare skattlegging av opsjonar i arbeidsforhold for små, nystarta selskap. Departementet viser til omtale og framlegg til regelendringar i Prop. 1 LS (2017–2018) Skatter, avgifter og toll 2018, kap. 5.5. Ordninga må meldast til EFTAs overvakingsorgan ESA for godkjenning, og skal etter planen tre i kraft med verknad frå 1. januar 2018.

Skattefavorisert individuell sparing til pensjon

Ved handsaminga av Prop. 130 LS (2016–2017) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga og tilhøyrande Innst. 400 L (2016–2017) vart det vedtatt å innføre ei ny skattefavorisert ordning for individuell sparing til pensjon. Finansdepartementet sende 4. juli 2017 på høyring eit utkast til forskrift med nærare vilkår for den nye ordninga. Høyringsfrist var 1. september 2017. Det er lagt opp til at den nye ordninga tek til å gjelde 1. november 2017.

Skatteinsentivordning for langsiktige investeringar i oppstartsselskap

På bakgrunn av oppmodingsvedtak i Innst. 2 S (2015–2016) og Innst. 3 S (2016–2017) fremja regjeringa i Prop. 130 LS (2016–2017) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga, kap. 2, forslag om ei ny skatteinsentivordning for langsiktige investeringar i oppstartsselskap. Ordninga tok til å gjelde frå og med 1. juli 2017.

Aksjesparekonto

I samband med behandlinga av budsjettet for 2017 vart det vedteke ei ordning med aksjesparekonto. Finansdepartementet sende 23. mars 2017 forslag til forskrift om aksjesparekonto på høyring. Forskrifta vart fastsatt 26. juni 2017, og ordninga tok til å gjelde 1. september 2017.

Det generelle skattefritaket for offentlige innretningar

Sommaren 2016 sette regjeringa ned ei ekstern arbeidsgruppe som skal vurdere konkurranseforholda mellom offentleg og privat verksemd og tiltak for å sikre like konkurransevilkår. Arbeidsgruppa skal mellom anna vurdere det generelle skattefritaket for stat, fylkeskommunar, kommunar, regionale helseføretak og helseføretak, medrekna om det er i samsvar med EØS-avtala sine reglar om offentleg stønad når desse offentlege organa driv økonomisk aktivitet. Arbeidsgruppa skal levere rapport 1. januar 2018.

Avgift på trafikkforsikringar og innføring av gebyr for køyretøy utan forsikring

I budsjettet for 2017 varsla regjeringa at årsavgifta frå 2018 vil verte erstatta av ei avgift som vert pålagt forsikringsselskapa ved sal av obligatoriske ansvarsforsikringar på køyretøy. Den nye avgifta vil ha same struktur og nivå som dagens årsavgift, og den økonomiske belastninga på bileigarane vil verte om lag som i dag. Saka var på høyring våren 2015. I budsjettet for 2017 vart det òg varsla at Finansdepartementet i samband med omlegginga av årsavgifta vil vurdere ei mogleg ordning med å krevje inn gebyr for køyretøy utan forsikring. Finansdepartementet sende 30. november 2016 eit framlegg om ei slik ordning på høyring. I tråd med omtalen i budsjettet for 2017 vert det no lagt fram forslag om å leggje om årsavgifta til ei avgift på trafikkforsikringar og å innføre eit gebyr for køyretøy utan forsikring. Departementet viser til omtale og forslag til endringar i reglane i Prop. 1 LS (2017–2018) Skatter, avgifter og toll 2018, kap. 9.4.4 og kap. 15.

Ny tollov

Departementet er i gang med å vurdere endringar i tollova for at den skal passe betre til dei nye oppgåvene i Tolletaten. Forvaltningsansvaret for avgifter som oppstår ved innførsle, er no hos Skatteetaten, medan Tolletaten er styrkt for å drive effektiv kontroll med vareførselen over grensa og fastsetje toll. EU sin nye tollkodeks vart vedteken 9. oktober 2013 og tok til å gjelde frå juni 2016 (for nokre delar). Endringar i tollova bør sjåast i samanheng med den nye tollkodeksen. Ei ny lov om skatteforvaltning tok til å gjelde 1. januar 2017. Departementet vurderer forholdet mellom forvaltningsføresegna i tollova og forvaltningsføresegna i skatteforvaltningslova. Departementet legg opp til å sende framlegg om endringar i regelverket på Tolletatens område på ordinær høyring fyrste halvår 2018.

Ny folkeregisterlov

Departementet la 30. september 2016 fram Prop. 164 L (2015–2016) Lov om folkeregistrering (folkeregisterloven). Framlegget var ei teknisk revisjon og fornying av folkeregisterlova frå 1970. Lova vart vedteke av Stortinget 24. november 2017 og tok til å gjelde frå 1. oktober 2017.

Utval som skal greie ut om skatterådgjevarar si opplysningsplikt og teieplikt

Som ei oppfylging av Skattemeldinga og skatteforliket i Stortinget, jf. Innst. 273 S (2015–2016), har regjeringa sett ned eit utval som skal greie ut om opplysningsplikta og teieplikta til skatterådgjevarar. Utvalet skal mellom anna vurdere om opplysningsplikta bør utvidast og om teieplikta bør avgrensast ytterlegare.

Utvalet skal levere sin rapport innan 31. desember 2018.

Handsaming av informasjon på skatteområdet

I samarbeid med Skatteetaten greier departementet ut endringar i regelverk som kan opne for ei meir effektiv handsaming av opplysningar i Skatteetaten og deling av opplysningar med andre. Arbeidet er mellom anna eit ledd i oppfølginga av regjeringas handlingsplan mot arbeidslivskriminalitet.

Reglar om kvar selskap er heimehøyrande skattemessig

Skatteutvalet foreslo i NOU 2014: 13 å endre skattelova § 2-2 fyrste ledd, dvs. regelen for når eit selskap kan reknast for å vere heimehøyrande og vanleg pliktig til å betale skatt til Noreg. Finansdepartementet sende 16. mars 2017 eit forslag på høyring, som varsla i Meld. St. 4 (2015–2016) Bedre skatt. Departementet har fått ei rekkje omfattande merknader under høyringa og arbeider med å fremje eit lovforslag.

Finansmarknadsområdet

Regelverksarbeidet på finansmarknadsområdet har i stortingssesjonen 2016–2017 resultert i desse lovendringane og lovframlegga:

Stortinget vedtok 12. desember 2016, etter framlegg i Prop. 166 L (2015–2016), lov 16. desember 2016 nr. 91 om endringer i lov om EØS-finanstilsyn, lov om kredittvurderingsbyråer, lov om forvaltning av alternative investeringsfond og verdipapirhandelloven (oppfølging av EØS-finanstilsyn). Lova følgjer opp og supplerer lov 17. juni 2016 nr. 30 om EØS-finanstilsyn, og inneber enkelte strukturelle og materielle tilpassingar i nasjonal rett til forordningane som vart vedtekne som norsk lov ved lov 17. juni 2016 nr. 30. Føremålet med endringane var å gjere norsk rett meir oversiktleg og lettare tilgjengeleg.

Stortinget vedtok 12. desember 2016, etter framlegg i Prop. 154 L (2015–2016), lov 16. desember 2016 nr. 90 om endringar i verdipapirfondloven mv. (UCITS V-direktivet mv.). Lova gjennomfører forventa EØS-plikter som motsvarer UCITS V-direktivet (direktiv 2014791/EU) i norsk rett. Endringane i verdipapirfondlova gjeld depotmottakarfunksjonar, godtgjering og sanksjonar. Det vart òg vedteke ein ny rettsvernregel i lov om finansiell sikkerhetsstilling, endringar i verdipapirhandellova om konsolidering av kapital- og soliditetskrav og nye reglar om heimel til å fastsetje at verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond skal lenke til prisopplysningar i nettbaserte prisportalar.

Stortinget vedtok 8. februar 2017, etter framlegg i Prop. 18 L (2016–2017), lov 10. februar 2017 nr. 4 om endringar i finansføretakslova (overdraging av forsikringsportefølje ved offentleg administrasjon mv.). Føremålet ved endringa var mellom anna å presisere at fripolisar skal kunne omdannast til fripolisar med investeringsval ved overdraging til eit anna forsikringsføretak som ledd i ein offentleg administrasjon.

Stortinget vedtok 12. juni 2017, etter framlegg i Prop. 76 L (2016–2017), lov 16. juni 2017 nr. 52 om endringar i kvitvaskingslova og verdipapirhandellova (beløpsgrense for kontantvederlag m.m.). Lova gjorde endringar i to ulike lover på finansmarknadsområdet. I kvitvaskingslova vart det innførd ei beløpsgrense på 40 000 kroner for vederlag i kontantar til forhandlarar av gjenstandar. Grensa gjeld ikkje mellom privatpersonar. Skatteetaten kontrollerer om grensa vert følgt. I tillegg vart tilbydarar av verksemdstjenester underlagde krav om autorisasjon og tilsyn av Finanstilsynet. Endringane i kvitvaskingslova følgde opp domfellingar i EFTA-domstolen. Endringane i verdipapirhandellova galdt tilsyn med land-for-land-rapportering frå utstederføretak. Lovendringane tredde i kraft 1. juli 2017.

Regjeringa fremja 21. juni 2017 Prop. 158 L (2016–2017) Endringer i eiendomsmeglingsloven (forenklinger). Framlegget gjeld forenklingar knytte til etablering av filialar, melding om skifte i leiinga, elektronisk kommunikasjon og bruk av titlar i eigedomsmeklarbransjen. Føremålet med framlegget er å gjere det enklare å drive eigedomsmeklingsverksemd, utan at det skal gå utover det offentleges kontroll med bransjen.

Finansdepartementet la 21. juni 2017 fram Prop. 159 L (2016–2017) Lov om Bankenes sikringsfond og lov om endringer i finansforetaksloven mv. (innskuddsgaranti og krisehåndtering av banker). I proposisjonen vart det føreslått nye lovreglar om innskotsgaranti og handtering av kriser og andre økonomiske vanskar i bankar. Dei foreslåtte lovreglane vil gjennomføre EUs direktiv om innskotsgaranti og krisehandtering av bankar.

Finansdepartementet la 21. juni 2017 fram Prop. 160 L (2016–2017) Endringer i regnskapsloven mv. (forenklinger). Endringane som vart føreslåtte, følgjer opp delar av Rekneskapslovutvalets to delutredningar NOU 2015: 10 Lov om regnskapsplikt og 2016: 11 Regnskapslovens bestemmelser om årsberetning mv. Dei føreslåtte lovendringane vil særleg kunne innebære forenklingar for mindre næringsdrivande.

Budsjett 2018

I kap. 2 i del I av denne proposisjonen er det omtalt nokre viktige oppgåver for Finansdepartementet i 2018. Dessutan går det fram av rapportdelen ovanfor at fleire av dei sakene som er omtalte der, krev oppfølging i seinare år.

Økonomisk politikk

Arbeidet med å utforme og samordne den økonomiske politikken til regjeringa vil vere ei hovudoppgåve for Finansdepartementet også i 2018. Politikken og dei analysane han byggjer på, vil få ein brei omtale i dei laupande budsjettdokumenta til Stortinget. Sjå nærare omtale i Meld. St. 1 (2017–2018) Nasjonalbudsjettet 2018.

Formuesforvalting

Departementet sitt arbeid med Statens pensjonsfond går ut på å utvikle den langsiktige investeringsstrategien til fondet, fastsetje og følgje opp retningsliner for forvaltinga, medrekna fondet si rolle som ansvarleg investor. I tillegg til eigne ressursar nyttar departementet eksterne fagmiljø i inn- og utland.

Arbeidet med å utvikle investeringsstrategien for fondet i 2018 tek utgangspunkt i dei måla som er skildra i Meld. St. 26 (2016–2017) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2016 og Stortinget si behandling av denne meldinga, sjå Innst. 357 S (2016–2017). Sjå nærare omtale i del I, pkt. 2.1 Statens pensjonsfond, i proposisjonen her og i Meld. St. 1 (2017–2018) Nasjonalbudsjettet 2018.

Skatte- og avgiftsområdet

Forenkling

Finansdepartementet vil saman med Skatteetaten setje i gang eit arbeid for å identifisere og leggje grunnlaget for framlegg om forenklingar av skatte- og avgiftsreglane. Føremålet er enklare reglar for næringslivet og andre skattytarar og eit enklare og meir effektivt skatte- og avgiftssystem som er mindre ressurskrevjande å forvalte av Skatteetaten.

Delingsøkonomi

Departementet samarbeider med Skattedirektoratet om eit høyringsforslag om plikt til å gje opplysningar frå digitale plattformer om utleige og tenester som vert formidla over plattforma. Arbeidet er omtalt nærare i Prop. 1 LS (2017–2018) Skatter, avgifter og toll 2018, kap. 29.

Skattemessig gjennomskjering

I skatteretten er det eit særskilt ulovfesta rettsgrunnlag som skal motverke omgåing av skattereglane. På oppdrag frå Finansdepartementet har professor emeritus dr. juris Frederik Zimmer utarbeidd eit framlegg om å lovfeste denne regelen, jf. NOU 2016: 5 Omgåelsesregel i skatteretten. Framlegget vart send på høyring med høyringsfrist 15. juni 2016. Det er kome inn mange og omfattande merknader under høyringa. Framlegget er til handsaming i departementet, og ein tek sikte på å fremje ein proposisjon for Stortinget i 2018.

Gjennomgang av NOKUS-reglane

Departementet arbeider med ein gjennomgang av NOKUS-reglane (NOrsk Kontrollert Utanlandsk Selskap). Arbeidet er eit ledd i oppfølginga av OECD og G20-landa sitt BEPS-prosjekt (Base Erosion and Profit Shifting).

Finansmarknadsområdet

I 2018 vil mellom anna desse lovsakene krevje særleg innsats på finansmarknadsområdet:

Finansdepartementet sende 8. november 2016 på høyring eit forslag til ny verdipapirregisterlov som vil gjennomføre forventa framtidige EØS-plikter som motsvarer ei forordning om verdipapiroppgjer og verdipapirregister (CSDR, forordning 909/2014) i norsk rett. Forslaget er utarbeidd av ei arbeidsgruppe leia av Finanstilsynet. Høyringsfristen var 8. februar 2017. Finansdepartementet arbeidar med å følgje opp forslaget.

Finansdepartementet sende 18. mai 2017 på høyring eit høyringsnotat utarbeidd av Finanstilsynet, med utkast til føresegnar om gjennomføring i norsk lov og forskrift. Desse skal sikre gjennomføring i norsk rett av forventa EØS-reglar som svarer til Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1286/2014 om nøkkelinformasjonsdokument om samansette og forsikringsbaserte investeringsprodukt; PRIIPs-forordninga. Høyringsfristen var 20. august 2017. Finansdepartementet vil følgje opp forslaget.

Sentralbanklovutvalet, som har gjennomgått organiseringa av Noregs Bank og Statens pensjonsfond utland, leverte si utgreiing til Finansdepartementet 23. juni 2017. Utgreiinga er sendt på høyring med frist 15. oktober 2017. Departementet vil etter dette følgje opp utgreiinga.

Det fjerde kvitvaskingsdirektivet frå EU vart vedteke i mai 2015. Direktivet er førebels ikkje vorte del av EØS-avtalen. Regelverket skal gjere det vanskelegare for kriminelle å utnytte legitime aktørar i næringslivet til kvitvasking og finansiering av terror. Norske reglar for å gjennomføre direktivet er vorte utgreia av Kvitvaskingslovutvalet. Utgreiingane frå utvalet vert no følgde opp i Finansdepartementet. Finansdepartementet arbeider med ein proposisjon til Stortinget med framlegg om ny kvitvaskingslov som gjennomfører fjerde kvitvaskingsdirektiv frå EU.

Direktiv (EU) 2015/2366 om betalingstenester i den indre marknaden (PSD2) vart vedteke i EU 25. november 2015. Direktivet er førebels ikkje vorte del av EØS-avtalen Målet med direktivet er mellom anna å modernisere regelverket i tråd med utviklinga i marknaden. Finanstilsynet har på oppdrag frå Finansdepartementet utarbeidd eit høyringsnotat med forventa EØS-reglar som svarar til direktivet. Høyringsfristen var 18. august 2017. Departementet følgjer opp høyringa.

Forsikringsdistribusjonsdirektivet (2016/97/EU) skal gjelde i EU frå 23. februar 2018. Direktivet er EØS-relevant, men er førebels ikkje teke inn i EØS-avtalen. Finansdepartementet greier likevel ut gjennomføringa i norsk rett av framtidige EØS-pliktar. Departementet har motteke eit utkast til høyringsnotat frå Finanstilsynet, og tek sikte på å sende forslaget på høyring på vanleg måte.

Direktiv 2014/65/EU (MiFID) og forordning (EU) nr. 600/2014 (MiFIR) skal gjelde i EU frå januar 2018. Rettsaktene er EØS-relevante, men er førebels ikkje tekne inn i EØS-avtalen. I NOU 2017: 1 Markeder for finansielle instrumenter vart det gjort framlegg til gjennomføring av MiFID/MiFIR i norsk rett. Utgreiinga var på høyring våren 2017. Departementet tek sikte på å utarbeide ein lovproposisjon.

Rapporteringsdirektivet (2004/109/EU) vart endra i direktiv 2013/50/EU, og endringane gjeld i EU frå november 2015. Endringsdirektivet er EØS-relevant, men er førebels ikkje teke inn i EØS-avtalen. I NOU 2016: 2 Endringer i verdipapirhandelloven – flagging og periodisk rapportering, vart det gjort framlegg til gjennomføring av endringane i rapporteringsdirektivet i norsk rett. Utgreiinga vart på høyring våren 2016. Departementet tek sikte på å utarbeide ein lovproposisjon.

Forordning (EU) nr. 596/2014 (marknadsmisbruksforordninga) gjeld i EU frå juli 2016. Forordninga er EØS-relevant, men er førebels ikkje teke inn i EØS-avtalen. Ved NOU 2017: 14 Nye regler om markedsmisbruk – sanksjoner og straff, vart det gjort framlegg til gjennomføring av endringane i rapporteringsdirektivet i norsk rett. Utgreiinga vart sendt på høyring sommaren 2017, med høyringsfrist 31. oktober 2017. Departementet tek sikte på å utarbeide ein lovproposisjon.

Forordning (EU) 2017/1129 (prospektforordninga) gjeld i EU, dels frå august 2017 og hovudsakleg frå august 2019. Forordninga er EØS-relevant, men førebels ikkje teken inn i EØS-avtalen. Verdipapirlovutvalet skal utgreie gjennomføringa i norsk rett av framtidige EØS-plikter med framlegging av NOU i juli 2018. Departementet tek sikte på deretter å utarbeide ein lovproposisjon.

Rettsakter frå EU

I EU er det dei seinaste åra vedteke ei rekkje EØS-relevante rettsakter på finansmarknadsområdet, mellom anna nye reglar om kapitalkrav for bankar m.m., eit nytt krisehandteringsdirektiv, eit nytt innskotsgarantidirektiv, nye solvensreglar for forsikringsverksemd, eit konsolidert rekneskapsdirektiv, endringar i revisjonsdirektivet og ei ny forordning om revisjon av allmennyttige føretak. På verdipapirområdet er det mellom anna vedteke eit revidert direktiv og ei forordning om marknader for finansielle instrument (MiFID og MiFIR), rapporteringsdirektiv og marknadsmisbruksdirektiv. Det er òg vedteke ei forordning om verdipapiroppgjer og verdipapirregister (CSDR). Dessutan er det vedteke fleire forordningar om ulike typar alternative investeringsfond og verdipapirfond (EuVECA, EuSEF, ELTIF), pengemarknadsfond. EU har òg vedteke eit nytt kvitvaskingsdirektiv. På betalingsområdet er det vedteke ei ny forordning om interbankgebyr for kortbaserte betalingstransaksjonar og eit revidert direktiv om betalingstenester.

Finansdepartementet vil òg i 2018 arbeide med å gjennomføre EØS-relevante rettsakter i norsk rett. Det er mellom anna nedsett fleire lovutval som vurderer og har kome og kjem med framlegg om nye reglar i norsk rett for fastsetjing av komande EØS-reglar om rekneskap, kvitvasking, verdipapir og revisorar. Regelverksarbeidet som er omtalt her, er òg eit viktig grunnlag for den styrkinga av Finanstilsynet som regjeringa gjer framlegg om.

Nye kapitalkrav for pensjonskassar

Det nye Solvens II-regelverket for forsikring, som tredde i kraft 1. januar 2016, gjeld ikkje for pensjonskasser. Pensjonskassene er underlagde gammalt forsikringsregelverk (Solvens I). Dette er basert på bokførte verdiar og gjev mindre risikokjenslege kapitalkrav enn Solvens II. Finanstilsynet har utarbeidd utkast til nye kapitalkrav for pensjonskassar basert på ein forenkla versjon av Solvens II. Utkastet har vore på høyring, og Finansdepartementet vurderer innspela i høyringa.

Samfunnstryggleik og beredskap

Finansdepartementet har det overordna ansvaret for samfunnstryggleik og beredskap for å sikre finansiell stabilitet. Departementet har òg ansvar for viktige samfunnsfunksjoner som Folkeregisteret og grensekontroll av vareførsel.

På Finansdepartementets ansvarsområde skal det arbeidast systematisk med samfunnstryggleik. Beredskapen for å kunne handtere ekstraordinære hendingar, skal vere god. Departementet og dei underliggjande etatane har beredskapsplanverk for å kunne handtere uynskte hendingar, og desse vert jamleg oppdaterte.

Finansdepartementet byrja hausten 2016 arbeidet med ei oppdatert risiko- og sårbarhetsvurdering for departementet og sektoren og tek sikte på å gjere ferdig dette arbeidet i løpet av 2017. Departementet deltek òg jamleg i store, nasjonale øvingar innan sikkerhet og beredskap.

Vidare samarbeider Finansdepartementet med mellom anna Nasjonalt tryggingsorgan og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Ei hovudutfordring i finanssektoren er å halde betalingsformidlinga ved lag slik at samfunnet får dekt behovet for betalingstenester. Finanssektoren vert meir og meir sårbar for svikt i drifta av IKT-system og i tilgangen på telekommunikasjon og straum, jf. skildringa i avsnitt 2.11 i Meld. St. 34 (2016–2017) Finansmarkedsmeldingen 2016–2017. Finansdepartementet hadde våren 2017 på høyring eit framlegg til forskrift om bankane sitt ansvar for distribusjon av kontantar i ein beredskapssituasjon. Saka er til behandling i departementet.

Dei seinare åra har det vorte arbeidd med å effektivisere og tilpasse beredskapen i finanssektoren med tanke på kor sårbart eit moderne betalingssystem er. I 2000 vart det såleis skipa eit eige beredskapsutval for finanssektoren (BFI). BFI skal sikre ei best mogleg samordning av beredskapsarbeidet i den finansielle infrastrukturen, og utvalet vurderer m.a. driftsstabilitet, risiko og sårbarheit. Utvalet skal kome fram til og samordne tiltak for å førebyggje og løyse krisesituasjonar og andre situasjonar som kan gje store forstyrringar i den finansielle infrastrukturen. Medlemmene i utvalet representerer dei mest sentrale aktørane i den norske finansinfrastrukturen. Finanstilsynet har ansvaret for leiing og sekretariat. Finansdepartementet er observatør på møta.

Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet arbeider jamleg med overvaking og regelverksutvikling for å medverke til finansiell stabilitet.

Finansdepartementet har dei seinare åra rapportert til Stortinget om utsiktene for finansiell stabilitet: i finansmarknadsmeldinga (som kjem i april/mai) og i nasjonalbudsjettet (som kjem i oktober). I Revidert nasjonalbudsjett 2017 rapporterte departementet om tiltak for å redusere risiko i hushalda. Mange av tiltaka på dette området kjem til gjennom regelverksutviklinga. I den siste finansmarknadsmeldinga, Meld. St. 34 (2016–2017) Finansmarkedsmeldingen 2016–2017, er det i kapittel 5 gjort greie for regelverksutviklinga og regelverksendringar i 2016. Kapittel 3 i meldinga handlar om ein heilskapleg politikk for finansmarknaden, og gjev mellom anna eit oversyn over nye betalingsmåter og finansiell teknologi. Kapittel 2 i meldinga handlar om utsiktene for finansiell stabilitet.

Noregs Bank og Finanstilsynet publiserer jamleg rapportar om utsiktene for finansiell stabilitet og om risikotilhøva i finanssystemet. Noregs Bank legg fram «Pengepolitisk rapport med vurdering av finansiell stabilitet» fire gonger i året, og rapportane «Finansiell stabilitet» og «Finansiell infrastruktur» ein gong i året. Finanstilsynet legg fram to årlege rapportar om utsiktene for finansiell stabilitet, kalla «Finansielt utsyn» og «Finansielle utviklingstrekk», og ein årleg rapport om arbeidet med IKT-tryggleik i finanssektoren («Risiko- og sårbarhetsanalyse»).

Fleire etatar under Finansdepartementet forvaltar omfattande produksjonssystem som behandlar store informasjonsmengder, inkludert Folkeregisteret som er eit sentralt grunndataregister for personinformasjon. Skatteetaten starta i 2016 ei modernisering av Folkeregisteret. Dette arbeidet held fram i 2018, jamfør eigen omtale under kap. 1618 Skatteetaten. Moderniseringa skal mellom anna gje betre informasjonstryggleik.

I 2016 vart Tolletatens grensekontroll styrkt gjennom tre satsingsområde, sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2016–2017) under kap. 1610. Tolletaten vil fortlaupande byggje ut ordninga med elektronisk nærvær ved alle landevegs grenseovergangar og ferjeleie med utanlandstrafikk i åra fram mot utgangen av 2020.

Post 01 Driftsutgifter

Driftsløyvinga dekkjer lønsutgifter og andre utgifter til drift av departementet. For 2016 vart talet på årsverk rekna til 282, mot 275 for året før. Lønsutgifter m.m. utgjer vel 80 pst. av budsjettet. Av andre driftsutgifter utgjer lokalleige den største einskildposten. For 2018 føreslår departementet ei løyving på 373,7 mill. kroner.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Posten omfattar hovudsakleg utgifter til forskingsoppdrag, utgreiingsarbeid og ein del særlege innkjøp. Forskingsmidlane vert særleg brukte til program i regi av Noregs forskingsråd, m.a. knytte til skatteøkonomi.

Løyvinga dekkjer òg utgifter til kjøp av utviklingstenester frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Ei viktig oppgåve som SSB utfører for departementet, er å halde ved like det økonomiske modellapparatet som vert brukt i arbeidet med den økonomiske politikken.

Midlane på posten vert òg brukte til ei rekkje særskilte utgreiingsoppgåver, m.a. kjøp av eksterne konsulenttenester i samband med departementet si oppfølging av Statens pensjonsfond. Etikkrådet er administrativt ein del av Finansdepartementet. Det gjev råd til Noregs Bank om utelukking og observasjon av verksemder.

For 2018 føreslår departementet ei løyving på 77,6 mill. kroner. Auken frå året før med om lag 19 mill. kroner gjeld særleg eit fellesprosjekt med Skattedirektoratet om regelforenkling og eit prosjekt der departementet med ekstern bistand skal gjere ei djupare analyse av 3–4 utvalde område for å skape betre budsjettmessige handlingsrom, mellom anna ved auka effektivisering. Tidlegare er slike gjennomgangar sette i gang om tilskot i kommunesektoren, stønadsordningar i klimapolitikken, miljøforvaltninga, Statens vegvesen og Noregs forskingsråd.

Finansdepartementet får refusjonar frå andre offentlege verksemder som departementet samarbeider med. Sidan det er uvisst kor store refusjonane vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1600, post 21 Spesielle driftsutgifter med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4600, post 02 Ymse refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Post 70 Forsking og allmennopplysning om finansmarknaden

I samband med statsbudsjettet for 2002 vart det vedteke å bruke ein del av provenyet frå omdanning og sal av Oslo Børs til å skipe eit finansmarknadsfond med ei fondsavsetning på 90 mill. kroner (Finansmarknadsfondet). Avsetninga vart seinare auka til om lag 206 mill. kroner i samband med omdanning og sal av Verdipapirsentralen (VPS), og ved overføring av unytta midlar frå første driftsår.

Føremålet med Finansmarknadsfondet er å medverke til auka kunnskap om og forståing for verkemåten til finansmarknadene, mellom anna regulering av marknader og marknadsaktørar, og å fremje innsikt og auke medvitet om etikk på finansmarknadsområdet. Fondet skal medverke til forsking, utdanning og allmenn opplysning om finansmarknadsspørsmål.

Fram til utgangen av 2012 var kapitalen i Finansmarknadsfondet plassert som kontolån til staten. Fondsutbytet vart ført som inntekt i statsbudsjettet og gav grunnlag for ei utgiftsløyving til dei nemnde føremåla. Utbytet frå fondskapitalen året før vart ført som inntekt i statsbudsjettet året etter.

I samband med statsbudsjettet for 2013 vart det vedteke å skipe ein ny modell for løyvingar til Finansmarknadsfondet, slik at sjølve fondet vart avvikla 1. januar 2013. Fondskapitalen vart tilført statskassa og erstatta med vanlege utgiftsløyvingar over statsbudsjettet frå og med budsjettåret 2013, sjå side 48–50 i Prop. 1 S (2012–2013) for Finansdepartementet. Med den nye løyvingsmodellen legg ein opp til å halde tildelingane om lag like store som dei var under den tidlegare modellen, målt i faste prisar. For 2012, siste gongen med den tidlegare modellen, vart det løyvd 11,8 mill. kroner. For 2017 vart det løyvd 13,8 mill. kroner.

Noregs forskingsråd utfører administrative tenester for Finansmarknadsfondet. For 2018 legg regjeringa opp til å samle løyvingane til drift av Noregs forskingsråd på ein post, sjå omtalen nedanfor. I samsvar med den nye modellen foreslår departementet for 2018 ei løyving på 12,3 mill. kroner på kap. 1600, post 70. Dette er nominelt 1,5 mill. kroner lågare enn 2017-løyvinga. Reelt er likevel løyvinga uendra, jf. omlegginga som omtalt nedanfor.

Budsjetteknisk samling av Noregs forskingsråds verksemdskostnader

Regjeringa legg opp til å samle løyvingane til drift av Noregs forskingsråd på ein rammestyrt post på Kunnskapsdepartementets budsjett, kap. 285 Noregs forskingsråd, post 55 Verksemdskostnader, frå 2018 av. Omlegginga inneber at midlar til drift av verksemda i Noregs forskingsråd som tidlegare har vore ein del av forskingsløyvingane under dei einskilde departementa, no er tekne ut av desse løyvingane. På Finansdepartementets område gjeld dette 0,8 mill. kroner frå kap. 1600, post 21, og 1,9 mill. kroner frå kap. 1600, post 70. For nærare omtale av den nye posten for verksemdskostnader i Noregs forskingsråd, sjå budsjettproposisjonen for Kunnskapsdepartementet for 2018, programkategori 07.70.

Fullmakt til å rette opp uoppklåra differansar og feilføringar i statsrekneskapar frå tidlegare år

Frå tid til anna oppstår det differansar i rekneskapen hos rekneskapsførarane i staten. Nokre av differansane vert ikkje oppklåra endå det er gjort mykje for å finna ut kva dei kjem av. Det hender òg at beløp vert tilviste og posterte feil i statsrekneskapen, og at feilen fyrst vert funnen etter at årsrekneskapen er avslutta.

På grunn av eittårsprinsippet vil retting av slike feil, med motsett postering i rekneskapen for eit seinare år, medføre at den rekneskapen òg vert galen. Slik Finansdepartementet ser det, er det mest korrekt at uoppklåra differansar og andre feil vert retta opp i statsrekneskapen med posteringar over kontoen for forskuvingar i balansen. Då vil desse posteringane ikkje påverke løyvingsrekneskapen det året rettinga vert gjord. Rettinga må skje etter ei posteringsoppmoding frå vedkomande departement og i) etter at ein har gjort det ein kan for å oppklåre differansen og ii) berre når feilposteringa ikkje kan rettast på nokon annan måte.

Det må hentast heimel frå Stortinget i kvar sak før posteringsoppmoding kan sendast til Finansdepartementet. For mindre beløp bør Finansdepartementet ha fullmakt.

Stortinget vedtok ved behandling av Innst. S. nr. 252 (1997–98), jf. St.prp. nr. 65 (1997–98), å gje Finansdepartementet ei fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 1998. Denne fullmakta er teken opp att i budsjettdokumenta kvart år sidan. Departementet gjer framlegg om same fullmakt for budsjett- og rekneskapsåret 2018, jf. framlegg til romartalsvedtak IX.

Kap. 4600 Finansdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

02

Diverse refusjonar

2 784

398

400

Sum kap. 4600

2 784

398

400

Post 02 Diverse refusjonar

Posten omfattar refusjonar frå andre offentlege verksemder som Finansdepartementet samarbeider med.

Oppmodingsvedtak

Vedtak nr. 602 (2014–2015), 5. juni 2015

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om et norsk offentlig eierskapsregister for å sikre åpenhet om eierskap i norske selskap og styrke innsatsen mot skattekriminalitet, korrupsjon og hvitvasking. Et slikt register må følge opp Financial Action Task Forces tilrådinger fra 2012 om internasjonale standarder for bekjempelse av hvitvasking og bekjempelse av terrorfinansiering og spredning, og registeret må også følge opp EU-reguleringen på området.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 21 (2014–2015) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2014 og tilhøyrande Innst. 290 S (2014–2015).

Regjeringa sette 6. februar 2015 ned eit kvitvaskingslovutval, som mellom anna har greidd ut naudsynte endringar i kvitvaskingsregelverket for å følgje opp FATFs tilrådingar og komande EØS-reglar som svarar til EUs fjerde kvitvaskingsdirektiv. Ei vurdering av korleis informasjon om reelt eigarskap skal kunne gjerast tilgjengeleg i eit offentleg register, inngår i andre delutgreiing frå utvalet. Denne vart levert til Finansdepartementet i desember 2016. Utgreiinga har vore på høyring våren 2017 og er no til behandling i Finansdepartementet. Departementet arbeider med å følgje opp oppmodingsvedtaket i ein lovproposisjon til Stortinget med framlegg til ny kvitvaskingslov.

Vedtak nr. 792 (2014–2015), 19. juni 2015

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå effekten av forskriften for LLR-rapportering målt mot Stortingets målsetting om å synliggjøre uønsket skattetilpasning og sikre at relevante opplysninger knyttet til LLR-rapporteringen fra datterselskaper og støttefunksjoner i tredjeland fremkommer i regnskapet. Stortinget ber regjeringen også vurdere hvordan det kan etableres et tilsyn med rapporteringspliktige etter LLR-regelverket.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2014–2015) Revidert nasjonalbudsjett 2015, Prop. 119 S (2014–2015) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2015, Prop. 119 S (2014–2015) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga, og tilhøyrande Innst. 360 S (2014–2015).

Finansdepartementet har gjennomført ei evaluering av LLR-regelverket, der mellom anna effekten av forskrifta vart målt opp mot Stortingets målsetjing om å synleggjere uønska skattetilpasning. Evalueringa vart fullført sommaren 2017, og Finansdepartementet vil sende evalueringa på høyring. Finansdepartementet har vidare greidd ut korleis relevante opplysningar knytta til LLR-rapporteringa frå datterselskap og støttefunksjonar i tredjeland, skal kunne kome fram av rekneskapen, og sende 30. september 2016 framlegg til endringar for dette føremål på høyring. Endringar i LLR-forskrifta vart fastsett 22. desember 2016 med verknad frå 1. januar 2017. I NOU 2016: 2 Endringer i verdipapirhandeloven – flagging og periodisk rapportering – gjennomføring av endringer i rapporteringsdirektivet, greidde verdipapirlovutvalet ut spørsmål om tilsyn med rapporteringspliktige etter LLR-bestemmelsen i verdipapirhandellova § 5-5a. Ved lovendring 16. juni 2017 vart det vedteke at Finanstilsynet skal føre tilsyn med land-for-land-rapporteringa etter verdipapirhandellova § 5-5-a. Lovendringa vart sett i kraft 1. juli 2017. Endeleg utkvittering av oppmodingsvedtaket kan fyrst gjerast etter at nemnde evaluering har vore på høyring.

Vedtak nr. 88 (2015–2016), 2. desember 2015

«Stortinget ber regjeringen utrede ulike modeller for skatteinsentiver/skattefradrag for langsiktige investeringer i oppstartselskap bl.a. basert på den svenske investeraravdrag og den britiske SEIS-ordningen og legge dette frem for Stortinget i forbindelse med statsbudsjettet for 2017».

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2015–2016) Nasjonalbudsjettet 2016 og tilhøyrande Innst. 2 S (2015–2016). Vedtaket vart følgt opp i form av ei omtalesak i Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017, kap. 21. Regjeringa skreiv der mellom anna fylgjande:

«Regjeringen er positiv til å vurdere tiltak som fremmer gründervirksomhet, herunder skatteinsentiver for langsiktige investeringer i oppstartsselskap (…) Hensynet til å stimulere til etablering og utvikling av nye bedrifter taler for at det arbeides videre med å vurdere slike skatteinsentiver. Et konkret forslag må imidlertid utredes ytterligere før en ordning eventuelt kan innføres».

Sjå også omtale nedanfor av vedtak nr. 306 (2016–2017) av 17. desember 2016.

Vedtak nr. 48 (2017–2017), 15. november 2016

«Stortinget ber regjeringen sørge for at selskap som etter forslagene i land-for-land-rapportering til skattemyndighetene, også blir pliktige til å rapportere etter regnskaps- og verdipapirloven, og at selskapene skal rapportere betalt inntektsskatt og påløpt inntektsskatt, antall ansatte, akkumulert fortjeneste, resultat før skattekostnad, summen av inntekter fra transaksjoner med nærstående/ikke nærstående fortak og bokført egenkapital.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 120 L (2015–2016) Endringer i ligningsloven (land-for-land-rapportering til skattemyndighetene) og tilhøyrande Innst. 42 L (2016–2017). Finansdepartementet tek sikte på å utarbeide forslag til lovreglar som vil verte sende på høyring.

Vedtak nr. 49 (2016–2017), 15. november 2016

«Stortinget ber regjeringen om å sørge for at Norge frem mot OECDs revisjon av BEPS-modellovgivningen for land-for-land-rapportering for skatteformål er en aktiv pådriver for økt åpenhet, slik at nøkkeltall for betalt intektsskatt, påløpt inntektsskatt, akkumulert fortjeneste, resultat før skattekostnad, summen av inntekter for transaksjoner med nærstående og ikkje nærstående foretak og bokført egenkapital så snart som mulig kan offentliggjøres for alle bransjer omfattet av plikt til å levere land-for-land-rapport for skatteformål, og at dette blir en del av den internasjonale standarden. Norge bør i den samanheng kunne vise til at vi praktiserer åpenhet på de samme punktene gjennom våre nasjonale krav i regnskaps og verdipapirloven.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 120 L (2015–2016) Endringer i ligningsloven (land-for-land-rapportering til skattemyndighetene) og tilhøyrande Innst. 42 L (2016–2017).

Gjennomføring av land-for-landrapportering til skattestyresmaktene er ein av tre minstestandarder i OECD og G20 sitt BEPS-prosjekt. Det vil seie at landa som deltok i prosjektet, skal gjennomføre dette i si nasjonale lovgiving. Land-for-land-rapport til skattestyresmaktene skal leverast fyrste gong i 2018 med opplysningar for inntektsåret 2016. For at gjennomføringa av tiltaka i BEPS-prosjektet skal skje i så mange land som mogleg, er det oppretta et Inclusive Framework der land som ikkje deltok i BEPS-prosjektet, òg kan delta. Det er no meir enn 100 land som deltek i Inclusive Framework. I BEPS-prosjektet vert det lagt til grunn at minstestandarden om land-for-land-rapportering til skattestyresmaktene skal vurderast på nytt i 2020. Ein valde dette tidspunktet fordi ein fyrst då vil ha eit grunnlag for å vurdere korleis rapporteringa verkar. Finansdepartementet vil i den prosessen arbeide for større openheit om opplysningar som er nemnde i oppmodingsvedtaket. Dersom reglane skal drøftast i andre fora som er relevante før dette tidspunktet, vil Finansdepartementet følgje opp Stortingets retningsline der òg.

Vedtak nr. 108 pkt. 4 (2016–2017), 5. desember 2016

Stortinget ber regjeringa «Fremme forslag om miljødifferensiering av engangsavgiften på motorsykler etter modell av omleggingen i engangsavgiften for personbiler sa snart det er mulig

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2017 og tilhøyrande Innst. 2 S (2016–2017).

Vedtaket vart følgt opp i Prop. 130 LS (2016–2017) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga, kap. 9. Ved behandlinga 21. juni 2017 av Innst. S. 401 (2016–2017) slutta Stortinget seg til forslaget frå regjeringa. Endringane gjeld frå 1. juli 2017.

Vedtak nr. 108 pkt. 15 (2016–2017), 5. desember 2016

Stortinget ber regjeringa «i Perspektivmeldingen drøfte hvilke konsekvenser et nytt globalt klimamål om å begrense den globale oppvarmingen til maksimalt 1,4° C kan ha på innretningen av norsk petroleumspolitikk.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2017 og tilhøyrande Innst. 2 S (2016–2017). Ei drøfting som her bede om, vart gjeve i Meld. St. 29 (2016–2017) Perspektivmeldingen 2017, avsnitt 4.2.2.

Vedtak nr. 108 pkt. 19 (2016–2017), 5. desember 2016

Stortinget ber regjeringa «om å utrede en materialavgift, differensiert på fossil og resirkulert, som en mulig erstatning for dagens emballasjeavgift, og komme tilbake i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett 2017.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2017 og tilhøyrande Innst. 2 S (2016–2017).

Vedtaket vart følgt opp i Meld. St. 2 (2016–2017) Revidert nasjonalbudsjett 2017. Ved handsaminga 21. juni 2017 av tilhøyrande Innst. 401 S (2016–2017) gjorde Stortinget eit nytt oppmodingsvedtak om materialavgift – vedtak nr. 1118. Dette vedtaket vert omtalt i Prop. 1 LS (2017–2018) Skatter, avgifter og toll 2018, kap. 9.17.

Vedtak nr. 108 pkt. 23 (2016–2017), 5. desember 2016

Stortinget ber regjeringa «i revidert nasjonalbudsjett 2017 gjøre en vurdering av om Oslo kommunes klimabudsjett kan danne mal for en rapportering om klimakonsekvenser av statsbudsjettet.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 1 (2016–2017) Nasjonalbudsjettet 2017 og tilhøyrande Innst. 2 S (2016–2017

Ei vurdering som her bede om, vart gjeve i Meld. St. 2 (2016–2017) Revidertnasjonalbudsjett 2017, avsnitt 3.6.1.

Vedtak nr. 294 (2016–2017), 17. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen i revidert nasjonalbudsjett 2017 redegjøre for støtteordningene for boliger til vanskeligstilte som stilles til disposisjon av kommunen, samt hvordan disse ordninger eventuelt kan forbedres. Det bes også vurdert konsekvenser av bevilgningsbehov og mulige avgrensninger dersom man skulle utvide ordningen med merverdiavgiftskompensasjon til også å omfatte boliger for vanskeligstilte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 1 LS (2016–2017) Skatter, avgifter og toll 2017 og tilhøyrande Innst. 4 L (2016–2017).

Vedtaket vart følgt opp i Meld. St. 2 (2016–2017) Revidert nasjonalbudsjett 2017.

Vedtak nr. 306 (2016–2017), 17. desember 2016

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake med konkrete, ferdig utredede modeller til skatteinsentiver/skattefradrag for langsiktige investeringer i oppstartsselskap basert på den britiske SEIS-ordningen, og legge dette frem for Stortinget i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2017.»

Regjeringa følgde opp vedtaket i Revidert nasjonalbudsjett med framlegg til ei skatteinsentivordning, jf. Prop. 130 LS (2016–2017) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivninga, kap. 2. Den nye ordninga tok til å gjelde frå 1. juli 2017.

Vedtak nr. 557 (2016–2017), 4. april 2017

«Stortinget ber regjeringen vurdere hensiktsmessigheten av rentetak og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:121 S (2015–2016) Representantforslag frå stortingsrepresentantene Karin Andersen og Audun Lysbakken om å lukke gjeldsfeller og tilhøyrande Innst. 231 S (2016–2017). Departementet tek sikte på å følgje opp vedtaket i finansmarknadsmeldinga i 2018, jf. også vedtak nr. 787 (2016–2017).

Vedtak nr. 787 (2016–2017), 7. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for å innføre et rentetak og komme tilbake til Stortinget med en sak om dette.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Prop. 87 L (2016–2015) Lov om gjeldsinformasjon ved kredittvurdering av privatpersoner (gjeldsinformasjonsloven) og tilhøyrande Innst. 356 L (2016–2017). Departementet tek sikte på å følgje opp vedtaket i finansmarknadsmeldinga i 2018, jf. også vedtak nr. 557 (2016–2017).

Vedtak nr. 1035 (2016–2017), 20. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede en omlegging av forsikringsordningene i bolighandelen, der hovedprinsippet er at den som skal ha fordel av utbetalingen (boligkjøper), også er den som velger forsikringsselskap, forsikringens dekningsomfang og vilkår utover minimumsvilkår.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Dokument 8:123 S (2016-2017) Representantforslag fra stortingsrepresentantene Hans Olav Syversen, Line Henriette Hjemdal, Hans Fredrik Grøvan, Kjell Ingolf Ropstad og Geir Sigbjørn Toskedal om tiltak for å styrke forbrukernes rettigheter i handel med bustad og tilhøyrande Innst. 477 S (2016–2017).

Finansdepartementet tek sikte på å følgje opp vedtaket i samarbeid med Justis- og beredskapsdepartementet i samband med sistnemnde si oppfølging av NOU 2009: 6 Tilstandsrapport ved sal av bustad.

Vedtak nr. 1104 (2016–2017), 21. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen utrede muligheten for differensiert avgift på biodrivstoff utenfor omsetningskravet med sikte på å fremme bærekraftig bio-drivstoff. EØS-rettslige konsekvenser må vurderes nærmere.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2016–2017) Revidert nasjonalbudsjett 2017 og tilhøyrande Innst. 401 S (2016–2017). Finansdepartementet arbeider med oppfølging av vedtaket.

Vedtak nr. 1116 (2016–2017), 21. juni 2017

«Stortinget ber regjeringen gjennomgå ordningen med skattefradrag for vitenskapelig forskning og komme tilbake til Stortinget med forslag til eventuelle endringer. Evalueringen skal vurdere en endring av dagens praktisering av regelverket, en fjerning av kravet til statlig styrerepresentant, en ny ordning tilpasset EØS-regelverk eller om kravet til statlig styrerepresentant kan oppfylles enklere.»

Vedtaket vart gjort ved behandlinga av Meld. St. 2 (2016–2017) Revidert nasjonalbudsjett 2017 og tilhøyrande Innst. 401 S (2016–2017). Departementet vil kome tilbake til oppfølginga av vedtaket.

Kap. 1602 Finanstilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

338 402

342 903

361 200

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

21 220

19 000

25 400

Sum kap. 1602

359 622

361 903

386 600

Føremål og hovudoppgåver

Oppgåvene til Finanstilsynet er fastlagde i lov 7. desember 1956 nr. 1 om tilsyn med finansinstitusjoner mv. (finanstilsynslova) og dei ulike særlovene for områda under tilsyn. Finanstilsynslova § 1 slår fast kva for institusjonar det skal førast tilsyn med, og i § 3 er det gitt nokre overordna føresegner om verksemda til Finanstilsynet:

«Tilsynet skal se til at de institusjoner det har tilsyn med, virker på hensiktsmessig og betryggende måte i samsvar med lov og bestemmelser gitt i medhold av lov samt med den hensikt som ligger til grunn for institusjonens opprettelse, dens formål og vedtekter. Tilsynet skal se til at institusjonene under tilsyn i sin virksomhet ivaretar forbrukernes interesser og rettigheter.»

Finanstilsynet vedtok i desember 2014 ein overordna strategi for perioden 2015–2018. Hovedmåla til Finanstilsynet etter denne strategien er «… å bidra til finansiell stabilitet og velfungerende markeder …». I strategien er dette konkretisert i dei følgjene delmåla:

  • Solide og likvide finansinstitusjonar

  • Robust infrastruktur

  • Investorvern

  • Forbrukervern

  • Effektiv krisehandtering

For å nå måla for verksemda bruker tilsynet ei rekkje verkemiddel, anten kvar for seg eller i kombinasjon. Verkemidla er:

  • Tilsyn, overvaking og kontroll

  • Forvalting

  • Regelverksutvikling

  • Informasjon og kommunikasjon

Det er ein nær samanheng mellom finansiell stabilitet og velfungerande marknader, og dei er begge naudsynte for tilliten til det finansielle systemet, ei stabil økonomisk utvikling og for å verne brukarane av finansielle tenester. Velfungerande marknader bidreg til effektiv allokering og prising av kapital og risiko, og av finansielle tenester. Finansiell stabilitet er definert i finansforetakslova § 1-1: «Med finansiell stabilitet menes at det finansielle systemet er robust nok til å motta og utbetale innskudd og andre tilbakebetalingspliktige midler fra allmennheten, formidle finansiering, utføre betalinger og omfordele risiko på en tilfredsstillende måte.» Finansiell stabilitet inneber at det finansielle systemet kan handtere uro og uventa sjokk og utføre funksjonane sine slik at det ikkje oppstår store negative konsekvensar for resten av økonomien.

Finanstilsynets viktigaste verkemiddel for å bidra til finansiell stabilitet er at tilsynet med institusjonane, og særleg bankane, er robust. Dette arbeidet må prioriterast høgt. Omsynet til forbrukarane sine interesser skal stå sentralt i planlegging og gjennomføring av tilsyn. Godt forbrukarvern er viktig for den einskilde forbrukar og for tilliten til finansinstitusjonane. Det skal òg leggjast særleg vekt på å følgje opp krav til god forretningsskikk og førebyggje urimelege forretningsmetodar. Finansdepartementet set nærare mål for verksemda i det enkelte året gjennom tildelingsbrev som er gjevne på bakgrunn av budsjettdokumenta og føringar frå Stortinget.

Finanstilsynet er leia av eit styre på fem medlemar, supplert med to representantar frå dei tilsette ved behandling av administrative saker. Medlemane og varamedlemane vert peika ut av Finansdepartementet for ein periode på fire år.

I 2016 vart det utført om lag 253 årsverk i Finanstilsynet, mot om lag 248 årsverk året før.

Rapport 2016

Nedanfor følgjer ei nærare omtale av arbeidet i Finanstilsynet i 2016.

Allment

Finanstilsynet har etter departementets vurdering på ein tilfredstillande måte følgt opp mål og føringar for 2016.

Dyktige og kompetente medarbeidarar er Finanstilsynets viktigaste ressurs og difor avgjerande for godt tilsyn. God leiing, effektiv organisering av arbeidet, målretta rekruttering og kompetanseutvikling har høg prioritet. I tillegg prioriterer tilsynet òg utvikling av tekniske løysingar for å auke effektiviteten og betre grunnlaget for tilsynsarbeidet. Finanstilsynet har sett opp konkrete mål for saksbehandlingstida for eit utval forvaltingssaker og for tilsynsrapportar og -merknader. I 2016 nådde Finanstilsynet målet om at 90 prosent av dei tidsmåla sakene og rapportane skal vere ferdig behandla innan fristen. Finanstilsynet legg vekt på at det har eit ansvar for å stille strenge krav til tryggleik og kontroll i føretak under tilsyn og å halde god kriseberedskap. Det gjeld òg i eigen organisasjon med omsyn til dei tilsette og andre som tilsynet samarbeider med. Finanstilsynet gjennomfører ulike stresstestar, analysar og inspeksjonar for å følgje utviklinga og avdekkje problem tidleg. Tematilsyn, dokumentbasert tilsyn og stadlege tilsyn er viktige verkemiddel.

Nedanfor følgjer ei kort oversikt over aktiviteten i 2016 ut frå delmåla i strategien som gjeld i perioden 2015–2018.

Solide og likvide finansføretak

Soliditeten i føretaka er som tidlegare følgd opp gjennom ein kombinasjon av stadlege tilsyn, pilar 2-vurderingar, dokumentbasert tilsyn, makroøkonomisk overvaking og stresstestar. Utviklinga i norsk og internasjonal økonomi vert følgd fortlaupande, og det er utarbeidd analysar og vurderingar av utsiktene for finansiell stabilitet. Omfattande endringar i europeisk og norsk regelverk dei seinare åra har ført til omfattande endringar også i krava til innrapportering av nøkkeltal frå føretaka til Finanstilsynet. Betydelege ressursar går med til å utvikle og følgje opp ny innrapportering.

Ved stadlege tilsyn i 2016 har Finanstilsynet hatt særleg merksemd retta mot aktivavurderingar og vurdering av nedskrivningspraksis i bankane.

Kartlegging av eit utval bankar sin praksis for identifisering og rapportering av eksponeringar med betalingslettingar er ferdigstilt, og det er gjennomført tematilsyn i fem mellomstore bankar knytte til bruk av stresstestar i styringa av likviditetsrisiko. Vidare er det gjennomført tematilsyn om handtering av operasjonell svikt og bruk av hendingsdatabasen i risikostyringa av operasjonell risiko.

Finansdepartementet har fastsett at kapitalkrav i pilar 2 skal verte gjevne som formelle vedtak som vert offentleggjorde. Dette har ført til enkelte endringar i vurderingsprosessen, og det vart i 2016 utvikla ny metodikk som støtte for vurderingane av risiko og kapitalbehov (SREP).

Bruken av IRB-modellar i bankane («Internal Ratings-Based models») har vorte følgde opp gjennom både stadleg og dokumentbasert tilsyn. IRB-modellane vert nytta til berekning av kredittrisiko i bankane. Bustadlånspraksis i bankane er følgd opp. For nystarta bankar som gjev forbrukslån, har Finanstilsynet auka krava til kapital utover minstekravet i lova som vilkår for konsesjon.

Kapitaldekning og økonomisk utvikling i verdipapirføretaka, forvaltingsselskapa og AIF-forvaltarar er følgde opp. Ved stadlege tilsyn er merksemda særleg retta mot verksemdstyringa i føretaka, tiltak for å sikre etterleving av relevant regelverk og kvalitet på styrings- og kontrollsystem.

Solvens II-regelverket for forsikringsføretak tredde i kraft 1. januar 2016 og har gjeve mykje arbeid for Finanstilsynet, mellom anna grunna nye innrapporteringsløysingar og for å følgje opp etterleving av solvenskrava.

Det vart òg arbeidd mykje med regelverksutvikling i 2016.

Robust infrastruktur

Tilsynet med infrastrukturen er konsentrert om verksemder og leverandørar som har størst innverknad på finansiell stabilitet og velfungerande marknader. Operasjonell risiko og tryggleik i betalings- og oppgjerssystema, verksemdene sine sentrale IKT-system og utkontraktering vert høgt prioritert. Vidare retta Finanstilsynet i 2016 særleg merksemda mot tilgangsstyring.

Ved meldingar frå føretak under tilsyn om utkontraktering av sentrale IKT-funksjonar, vert det vurdert om føretaket har gjort naudsynte risikoanalysar og vurderingar av utkontrakteringsforholdet.

Regelendringar basert på mellom anna EU-direktiv og -forordningar som MiFID II (Markets in Financial Instruments Directive), saman med seinare iverksetting av EMIR (European Market Infrastructure Regulation) og CSDR (Central Securities Depositories Regulation), vil endre rammeføresetnadene for aktørane på verdipapirområdet og oppgåvene til Finanstilsynet betydeleg.

Ulike plattformar for folkefinansiering («crowdfunding») og forholdet til regulatoriske krav der er undersøkt.

Finanstilsynet har brukt mykje ressursar på arbeidet med EØS-tilpassinga av regelverk på verdipapirområdet.

Vern av investorar

God marknadsåtferd hos utskrivarar, mellommenn og investorar er viktig for eit tilfredsstillande investorvern og generell tillit i marknaden.

Det har vore undersøkt fleire saker knytte til innsidehandel og marknadsmanipulasjon enn tidlegare år. Årsaka er i hovudsak fleire innrapporteringar av mistenkjelege transaksjonar frå verdipapirføretaka og alarmar som det interne overvakingssystemet har initiert. Nokre saker om innsidehandel er melde til politiet.

Finanstilsynet har gått gjennom transaksjonar i finansielle instrument av tilsette i dei største advokatfirma. Ingen av funna som vart gjort, kravde ytterlegare oppfølging. Vidare er det undersøkt om det kan ha vore ulovleg verdipapirhandel knytte til skjulte kontoar som vart avdekte gjennom den såkalla Panama Papers-saka, utan at det er avdekt noko som har kravd ytterlegare oppfølging.

Det har vore relativt stor aktivitet i fyrstehandsmarknaden med fleire prospekt for nynotering, i tillegg til andre aksje- og obligasjonsprospekt. Likevel var aktiviteten noko lågare i 2016 enn i 2015. Finanstilsynet har lagt stor vekt på den finansielle informasjonen i prospekta og at kontrollen held fristane som gjeld.

På revisjonsområdet er tilsynet med dei som reviderer føretak av allmenn interesse, prioritert. Det er gjennomført to tematilsyn for revisjon og økonomisk kriminalitet. Sistnemnde omfatta òg rekneskapsførarbransjen.

Forbrukarvern

I 2016 vart det observert svært aktiv marknadsføring av kredittkort og forbrukslån, og det har vore ein sterk auke i slike lån. Finanstilsynet sende ut reviderte retningsliner for fakturering av kredittkort.

Tilsyn med rådgjeving om kontraktar med investeringsval i pensjonsmarknaden er forsterka i takt med auken i slike kontraktar. Finanstilsynet publiserte eit rundskriv om krav til informasjon og rådgjeving ved sal av livsforsikring med investeringsval.

Stadleg tilsyn i verdipapirføretak og deira investeringsrådgjeving vart framleis prioritert. Forbrukarvern gjennom å overhalde god forretningsskikk i sals- og rådgjevingsverksemd, er sentralt.

Oppfølging av CFD-marknaden («contracts for difference» – ein type derivatinstrument) har halde fram gjennom tilsyn hos dei største aktørane som tilbyr slike produkt. Hovudtema for tilsyna var investorvern og å overhalde god forretningsskikk. Under alle stadlege tilsyn i verdipapirføretak vert det retta merksemd mot korleis verksemda er organisert, og spesielt etterlevingsfunksjonen (compliance) og risikostyringsfunksjonen.

Tilsynet på fondsområdet er innretta for å bidra til ein trygg og effektiv fondsforvalting som er i interessene til kundane.

Talet på føretak under tilsyn på fondsområdet er meir enn fordobla som følgje av innføringa av lov om forvaltning av alternative investeringsfond (AIF-lova). Det er registrert ein auke i talet på søknader om å marknadsføre alternative investeringsfond til ikkje-profesjonelle investorar. I tilsynet er det lagt vekt på forbetringar i fondsinformasjonen. Rapporteringskrava til ESMA om fonda er detaljert og omfattande, og det har vore utfordrande å få etablert ei løysing for innrapportering frå fonda og vidarerapportering til ESMA.

I tilsynet med eigedomsmeklarane vert det retta merksemd mot kravet til undersøkings- og informasjonsplikta til meklarar, kravet til skriftlegheit i bodgjevinga og handtering av klientmidel.

Ved tilsyn på inkassoområdet vert forbrukarane sine interesser prioritert ved undersøkingar av system og rutinar for korrekt salær- og renterekning. Kontroll av inkassoselskapa si plikt til å undersøke om krav er rettmessige er òg ei prioritert oppgåve.

Effektiv krisehandtering

Finansdepartementet, Noregs Bank og Finanstilsynet gjennomførte ei kriseøving i 2016. Finanstilsynet har òg delteke i ei stor beredskapsøving i regi av Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

I løpet av 2016 vurderte Finanstilsynet gjenopprettingsplanane til fleire bankar og bidrog i vurdering av gjenopprettingsplanar for utanlandske bankar med filialar og dotterbankar i Noreg.

Finanstilsynet deltok i EBAs (European Banking Authority) arbeid på krisehandteringsområdet.

Finanstilsynet etablerte beredskap for handtering av forsikringsføretak i krise og har på verdipapirområdet ytterlegare forbetra og operasjonalisert beredskapsplanane for kriser i infrastrukturen.

Internasjonal verksemd

Finanstilsynet har bidratt i Finansdepartementet sitt arbeid i samband med forhandlingane mellom EFTA-landa og EU-kommisjonen om innlemming i EØS-avtalen av mellom anna forordningane som oppretta EUs finanstilsyn. Etter fleire års forhandlingar kom EØS-komitévedtaket på plass 30. september 2016.

Mengda av EØS-arbeid har auka betydeleg dei siste åra. Forpliktingane som følgjer av EØS-avtala, krev stadig fleire ressursar, mellom anna grunna auka krav til rapportering frå tilsynseiningane og myndigheitene, og omfattande «tilsyn» frå dei europeiske tilsynsorgana som kontrollerer Finanstilsynets tilsynspraksis og gjennomføring av EU-regelverk, retningsliner og tilsynsstandardar.

Tabell 5.1 Ressursbruken i Finanstilsynet, i prosent fordelt på tilsynsområde

Resultat 2014

Resultat 2015

Resultat 2016

Plantall 2017

Årsverk

Prosent

Årsverk

Prosent

Årsverk

Prosent

ÅrsverkProsent

Bankar

71,5

28,2

66,9

27

69,9

27,6

72,5

27,8

Finansieringsselskap

3,2

1,3

2,3

0,9

2,6

1,0

2,9

1,1

Betalingsføretak

2,7

1,1

2,1

0,8

2,0

0,8

1,4

0,5

Kredittføretak

3,4

1,3

2,8

1,1

2,9

1,1

3,3

1,3

Prospektkontroll

10,3

4,1

9,9

4

8,3

3,3

9,6

3,7

Forsikringsselskap

42,6

16,6

43,5

17,5

46,6

18,4

49,1

18,8

Holdingselskap

2,3

0,9

2,8

1,1

3,0

1,2

1,8

0,7

Pensjonskassar og -fond

8,1

3,2

7,8

3,1

8,0

3,1

6,6

2,5

Verdipapirmarknaden

55,9

22

54,3

21,9

55,0

21,7

56,3

21,6

Eigedomsmekling

8,1

3,2

8,8

3,5

8,6

3,4

9,1

3,5

Inkassoføretak

3,8

1,5

4,4

1,8

5,2

2,0

5,3

2,1

Revisjonsføretak

15,2

6

16,5

6,6

17,1

6,8

16,8

6,5

Rekneskapsførarar

13,8

5,4

13,4

5,4

12,3

4,9

12,3

4,7

Rekneskapskontrollen

11

4,3

11

4,4

11,0

4,3

11,9

4,6

Andre

2,2

0,9

1,5

0,6

1,1

0,4

1,5

0,6

SUM

254,1

100

248,1

100

253,5

100

260,6

100

Budsjett 2018

Den føreslåtte løyvinga skal brukast i samsvar med strategien og oppgåvene til Finanstilsynet. Departementet føreslår å setje budsjettramma til Finanstilsynet for 2018 til 386,6 mill. kroner.

Finanstilsynet må til kvar tid, innafor gjeldande budsjettramme, prioritere oppgåver som bidreg til å nå hovudmåla, som er finansiell stabilitet og velfungerande marknader. For 2018 er det foreslått ei styrking av Finanstilsynets budsjett. Styrkinga har samanheng med auka oppgåver for Finanstilsynet og vil mellom anna leggje til rette for at Finanstilsynet kan bidra til effektiv gjennomføring av nytt EØS-regelverk samstundes som Finanstilsynet driv effektivt tilsyn av høg kvalitet med marknader og institusjonar. Begge desse oppgåvene er naudsynte for at Finanstilsynet skal nå sine hovudmål finansiell stabilitet og velfungerande marknader, og for å leggje til rette for at norske institusjonar har gode rammevilkår. Mengden oppdrag og tilsynsområder aukar. Krava til kompetanse aukar med nye EØS-regelverk som skal inn i nasjonal rett. Dette krev òg høg prioritering av digitalisering og effektivisering av interne arbeidsprosessar. Styrkinga vil leggje til rette for vidare arbeid med digitalisering av verksemda og effektiv bruk av digitale løysingar i tilsynsarbeidet. Finanstilsynet må framleis prioritere strengt innafor ramma for å følgje opp dei ulike tilsynsområda som er omtalte ovanfor, og for å gjennomføre tiltak som bidreg til å nå hovudmåla.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter. For 2018 føreslår departementet ei løyving på 361,2 mill. kroner, som inneber ei viss styrking samanlikna med Saldert budsjett 2017. Finanstilsynet får stadig nye og endra oppgåver. Den internasjonale finanskrisa har ført til eit nytt og komplekst rammeverk for finansnæringa, og som krev betydeleg ressursinnsats frå Finanstilsynet. Dette vil både påverke utføringa av dei faste oppgåvene tilsynet har og gje nye oppgåver som følgje av internasjonalt regelverk og nasjonale tilhøve. Budsjettstyrkinga må sjåast i samband med nemnde forhold. Finanstilsynet må likevel framleis leggje stor vekt på å sikre rasjonell og effektiv drift.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar utviklingstiltak for IT-systema i Finanstilsynet. Nye krav til tilsyn og tilsynsmetodar stiller omfattande krav til tilpassingar og utvikling av IT-system som støtte for tilsynsarbeidet. For 2018 gjeld det mellom anna vidare arbeid med å tilfredsstille europeiske rapporteringskrav og leggje til rette for naudsynt analyse. Finanstilsynet vil, forutan å halde fram arbeidet med krav som gjeld CRD IV og Solvens II, arbeide i eit internasjonalt utviklingssamarbeid for innrapporteringsløysing på verdipapirområdet. For 2018 gjer departementet framlegg om å løyve 25,4 mill. kroner.

Kap. 4602 Finanstilsynet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

03

Sakshandsamingsgebyr

9 709

10 370

11 100

86

Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m.

2 822

500

500

Sum kap. 4602

12 531

10 870

11 600

Post 03 Sakshandsamingsgebyr

Posten omfattar hovudsakleg gebyr frå den operative prospektkontrollen for omsetjelege verdipapir. Frå 2017 inngår òg gebyr for behandling av søknader om å drive verksemd som betalingsføretak og e-pengeføretak og gebyr ved tildeling av inkassoløyve.

Finanstilsynet skal sjå til at gebyr i størst mogleg utstrekning reflekterer dei reelle kostnadene ved sakshandsaminga. Eventuelle avvik mellom dei ilagde gebyra og kostnadene Finanstilsynet har ved prospektkontroll, vert fordelte året etter på dei noterte utskrivarføretaka, anten som ei tilleggsutlikning eller som ei nedsetjing av utlikninga til andre tilsynsutgifter.

Slike etterutrekningar vert av praktiske årsaker førde på kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet, post 70 Finanstilsynet, tilskot frå tilsynseiningane.

Sakshandsamingsgebyr ved tildeling av inkassoløyve er fire gonger rettsgebyret. Betalte gebyr vert trekte frå i berekning av tilsynsavgifta for inkassoføretaka. Sakshandsamingsgebyr for betalingsføretak og e-pengeføretak er fastsett i forskrift til kr 30 000. Betalte gebyr vert trekte frå i berekning av tilsynsavgifta for betalingsføretak og e-pengeføretak.

Kap. 5580 Sektoravgifter under Finansdepartementet

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

70

Finanstilsynet, bidrag frå tilsynseiningane

342 434

357 500

389 200

Sum kap. 5580

342 434

357 500

389 200

Utgiftene til Finanstilsynet vert fullt ut dekte av institusjonane som er under tilsyn etter finanstilsynslova § 1 eller annan lovheimel. Inndekkinga av utgiftene er heimla i finanstilsynslova § 9. Lovreglane er supplert med forskrifter.

Fram til no har utrekning og betaling av tilskotet frå kvar tilsynseining skjedd etterskotsvis. Frå 2018 av er det dei budsjetterte utgiftene for 2018 på kap. 1602 Finanstilsynet, som er utgangspunktet for utrekninga. Med denne endringa vert praksis i Finanstilsynet meir lik den som elles er vanleg ved brukarfinansiering, ved at brukarbetalinga er ein funksjon av utgiftene same året. I tillegg til utgiftene på kap. 1602 kjem dei posteringar ein reknar med at Finanstilsynet vil gjere på kap. 1633 Nettordning, statleg betalt meirverdiavgift, og til frådrag kjem inntektene på kap. 4602 Finanstilsynet, post 03 Sakshandsamingsgebyr.

Det samla tilskotet frå tilsynseiningane i 2018 er budsjettert til 389,2 mill. kroner. I tillegg kjem inntektene frå sakshandsamingsgebyr, jf. omtale ovanfor.

Kap. 1605 Direktoratet for økonomistyring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

368 328

378 130

458 100

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

3

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

22 100

15 500

15 800

Sum kap. 1605

390 431

393 630

473 900

Føremål, hovudmål og organisering

Direktoratet for økonomistyring (DFØ) er statens ekspertorgan for økonomi- og verksemdstyring. Med utgangspunkt i utgreiingsinstruksen, Reglement for økonomistyring og Bestemmelser om økonomistyring (økonomiregelverket i staten) skal DFØ leggje til rette for god styring. DFØ skal sørgje for ei heilskapleg tilnærming på området.

Visjonen til direktoratet er effektiv ressursbruk i staten.

Hovudmåla for DFØ er å leggje til rette for føremålstenlege fellesløysingar i staten og god styring i statlege verksemder.

DFØ skal:

  • forvalte utgreiingsinstruksen og økonomiregelverket i staten; vurdere og eventuelt foreslå endringar for Finansdepartementet slik at instruksen og regelverket er oppdatert og relevant

  • forvalte og formidle kunnskap om korleis verksemdene skal etterleve utgreiingsinstruksen og økonomiregelverket i staten; sørgje for at statlege verksemder får eit godt tilbod om kompetansebygging og røynsleoverføring på direktoratet sitt fagområde

  • forvalte konsernsystema for statsrekneskapen og statens konsernkontoordning

  • levere fellestenester på økonomiområdet som gjev synergiar og stordriftsfordeler for staten; vege omsynet til direkte gevinstar frå standardiserte fellesløysingar mot behovet for spesialtilpassa løysingar for einskilde verksemder eller grupper av verksemder

  • gjennomføre analysar og utgreiingar som grunnlag for utvikling av statleg styring

DFØ har i åra 2014–2016 gått gjennom ei stor omstilling av verksemda. For å betre styringa, auke kvaliteten på tenestene og effektivisere drifta vart det avgjort å samle DFØs verksemd på tre stader: Stavanger, Trondheim og Oslo.

DFØ hadde per 31. desember 2016 ei bemanning som svarer til 351 årsverk.

Mål og resultat 2016

Mål 1: DFØs kompetanseoverføring representerer beste praksis innanfor styring og samfunnsøkonomisk analyse

DFØs metodar og kompetansetiltak byggjer på prinsippa og standardane i økonomiregelverket og utgreiingsinstruksen. I 2016 arbeidde DFØ med nye rettleiingar, rapportar, presentasjonar, kurs, seminar, faglege nettverk og rådgjevingsoppdrag innanfor sitt fagområde. I 2016 omfatta dette fagområdet mellom anna:

  • regelverket for økonomistyring i staten

  • utgreiingsinstruksen

  • mål- og resultatstyring, resultatmålingar og resultatinformasjon

  • verksemdstyring, risikostyring og internkontroll

  • tilskotsforvalting

  • evalueringar på styringsområdet

  • samfunnsøkonomiske analysar

  • statsrekneskap og verksemdsrekneskap

  • årsrapport og oppstilling av årsrekneskapen

  • statleg betalingsformidling

Tenestene er tilgjengelege for alle statlege verksemder som hjelp i arbeidet med å betre verksemds- og økonomistyringa.

DFØ fekk i 2016 delegert ansvaret for å forvalte to nye regelverksområde:

  • utgreiingsinstruksen. Ansvaret inneber å byggje kompetanse i statlege verksemder og å utvikle og fortolke instruksen.

  • økonomiregelverket sine føresegner om etatsstyring (jf. kap. 1 i Bestemmelser om økonomistyring i staten). Dette inneber å handsame søknader om unntak og svare på spørsmål om regelverket. DFØ har ein tett dialog med departementet om forvalting, rettleiing og kompetansestyring på etatsstyringsområdet. Prinsipielle spørsmål vert lagde fram for departementet. DFØ har gjennom 2016 og 2017 særleg prioritert å byggje vidare på allereie etablerte kompetansetenester innanfor etatsstyring og har gjeve støtte til utvikling av styringsdialogen mellom fleire departement og deira underliggjande verksemder.

I samarbeid med Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) har DFØ utarbeidd verktøy til gevinstrealisering, fordelt på verksemdsnivå, i etatsstyringa og der gevinstar skal hentast ut i ei anna eller i fleire ulike verksemder. Tiltaka omfattar mellom anna sjekklister, rutinar, rettleiingar, leiarstøtte og eigenevalueringar.

Verksemder som er omfatta av økonomiregelverket, skal ha enkel tilgang til fortolkingar av regelverket. DFØ har i 2017 publisert fortolkingar av økonomiregelverket gjort i perioden 2004–2015. Løysinga gjev òg gevinstar for regelverksforvaltinga i DFØ, mellom anna redusert tidsforbruk når ein skal finne igjen tidlegare saker, og betre sikring av kvalitet og konsistens over tid.

Ein analyse DFØ gjorde i 2016 viser at innhaldet i det rekneskapsmessige mellomværet mellom staten og verksemdene i all hovudsak er i tråd med økonomiregelverket. Med bakgrunn i analysen skal DFØ vurdere om gjeldande regelverk er innretta på ein føremålstenleg måte og eventuelt foreslå endringar i fastsettinga av elementa som kan inngå i mellomværet.

Mål 2: DFØs fellestenester er korrekte, rettidige og nyttige

DFØs løns- og rekneskapstenester

DFØ tilbyr økonomitenester til verksemder i statsforvaltinga. Per 1. juni 2017 får 84 pst. av statlege verksemder levert lønstenester frå DFØ, medan 70 pst. av verksemdene er rekneskapskundar.

Nye kundar

Statsforvaltinga er i endring. DFØ har ein jamn pågang av verksemder som ynskjer å verte kunde. Samanslåingar og nye organiseringar har ført til at nokre verksemder har avslutta kundeforholdet og nye har komne til, men ein jamt høgare del av dei statlege verksemdene nyttar DFØs løns- og rekneskapstenester. Hos seks av departementa er alle underliggjande verksemder kundar hos DFØ.

Frå 1. juli 2016 overtok DFØ ansvaret for å levere løns- og rekneskapstenester til departementa, Statsministerens kontor og Regjeringsadvokaten. Desse tenestene vart fram til då leverte frå Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa. Frå 1. januar 2018 skal desse tenestene verte leverte frå DFØs avdelingar i Stavanger og Trondheim.

Undersøkingar som DFØ har utført, syner at kundane samla sett er like nøgde som dei var i 2015.

Fleire og meir effektive elektroniske tenester

DFØs satsing på elektronisk fakturabehandling i statlege verksemder har gjeve administrative innsparingar og betre økonomistyring hos kundane. Eit nytt innkjøps- og fakturasystem som dekkjer eit samla behov hos kundane, vert teke i bruk i 2017. Den heildigitale løysinga gjer ei god sikkerheit for at brukarane følgjer lovverk og statlege føringar. Om lag 52 pst. av fakturaene som vart handsama av DFØ i 2016, var elektroniske, og talet har auka til nærare 62 pst. våren 2017.

Innkjøpsløysinga til DFØ integrerer heile innkjøpsprosessen frå bestilling til betaling. Løysinga bidreg til meir effektiv ressursbruk og reduserte kostnadar og gjer sitt til at krava som økonomiregelverket stiller til sporing og dokumentasjon, vert oppfylte. Våren 2017 har 40 verksemder ein avtale med DFØ om denne tenesta. Løysinga samhandlar med Difis e-handelsplattform og er ein integrert, men frivillig del av DFØs tenester på rekneskapsområdet.

DFØ lanserte i 2016 eit nytt økonomistyringsverktøy (Økonomiinfo). Verktøyet gjer styringsinformasjon frå rekneskapen tilgjengeleg for leiinga i verksemdene på ein enkel og intuitiv måte, noko som er teke svært godt imot av brukarane. Våren 2017 har 77 verksemder teke verktøyet i bruk. Arbeidet med å utvikle verktøyet med nye funksjonar vert vidareført i 2018.

Mobil-appen for DFØs lønsteneste har heilt sidan lanseringa i 2015 vorte utvikla med nye funksjonar, og nye brukargrupper har etter kvart kunna ta appen i bruk. Statlege medarbeidarar hos DFØs kundar kan utføre ei rekkje oppgåver via appen, til dømes registrere arbeidstid, søkje om fri og sjå tidssaldo.

Ved utgangen av 2016 hadde DFØ nærare 30 000 unike brukarar av appen.

DFØ har over tid utvikla fleire e-skjema som erstattar papirblankettar. For å leggje til rette for digitalt fyrsteval har DFØ utvikla ei løysing for distribusjon av lønsslippar og trekklister via Altinns meldingsteneste.

DFØ har i 2016 prøvd ut robotisert prosessautomatisering på rekneskapsområdet. Arbeidet er vidareført i 2017 og er forventa å føre til redusert ressursbruk, auka kvalitet, sikrare lagring av dokumentasjon og auka kapasitet.

Statsrekneskapen, konserntenestene og regelverksforvaltinga

DFØ har ansvaret for å forvalte økonomiregelverket og utgreiingsinstruksen.

DFØ har òg ansvaret for forvalting og drift av statsrekneskapen. Sidan 2015 har DFØ publisert rådata (sjå data.norge.no) med rekneskapsinformasjon etter standard kontoplan. DFØ har sidan 2015 arbeidd med ei løysing for publisering av statsrekneskapen som gjev fleire brukarar betre tilgang til meir data. Den nye løysinga vert lansert i 2017. Løysinga vil gje betre grunnlag for å samanlikne rekneskapsinformasjon både mellom statlege verksemder og i høve til året før.

I tillegg til auka innsikt i statleg ressursbruk, vil meir bruk av standardar og automatisering av prosessane som gjeld rekneskapsdata i staten, redusere kostnadane og betre kvaliteten i det tekniske arbeidet med statsrekneskapen. Den nye informasjonen som vert stilt til rådvelde, vil òg gje betre støtte til departementa si styring av underliggjande verksemder.

DFØ forvaltar rammeavtalar med bankar om betalingstenester i staten. DFØ skal inngå nye avtalar i 2018. Statlege verksemder får tilgang til tenestene ved å bestille dei frå ein leverandør som DFØ har inngått rammeavtale med. Statlege verksemder må bruke avtalane.

Mål 3: DFØs tenester gjev synergiar og stordriftsføremoner

DFØ skal oppnå stordriftsfordeler for staten ved å tilby standardiserte tenester med eit visst volum innanfor budsjett, rekneskap og løns- og personaladministrasjon. DFØ er ein stor leverandør av løns- og rekneskapstenester, òg sett i høve til leverandørar i privat sektor.

Rundt 80 000 fast tilsette og om lag 125 000 honorar- og timeløna medarbeidarar i statlege verksemder fekk løn gjennom DFØs lønstenester i 2016, og det vart utarbeidd 205 000 årlege lønsoppgåver. Om lag 1 million fakturaer gjekk gjennom DFØs elektroniske fakturaløysing.

Utviklinga har gått i retning av færre og større einingar i forvaltinga, av di fleire mindre verksemder vert slåtte saman til større eller vert skilde ut frå staten. Denne utviklinga gjer at talet på kundar har vorte redusert dei seinare åra, medan prosentdelen av alle statlege verksemder som er kundar hos DFØ, har auka.

DFØ leverer løns- og rekneskapstenester i store volum, noko som er meir effektivt enn om dei statlege verksemdene skulle løyse oppgåvene kvar for seg. Tenesteproduksjonen til DFØ kjem godt ut i samanlikningar med tilsvarande verksemder i Noreg og i andre land. Dei store voluma gjer òg at DFØ kan gjere investeringar i løns- og rekneskapssystem som ei statleg verksemd åleine ikkje kan forsvare. Til dømes vil DFØ i 2017 kjøpe eit konkurransegjennomføringsverktøy og eit kontraktsoppfølgingsverktøy på vegner av kundane. DFØ har nyleg inngått avtale med ny driftsleverandør for lønstenesta. Med denne sparer staten 50 mill. kroner over ein periode på sju år, samanlikna med tidlegare avtale.

Ein annan viktig synergieffekt av tenestene er betre kvalitet. Med store volum på løns- og rekneskapstenestene kan DFØ samle eit større fagmiljø på dette området enn dei fleste andre statlege verksemder er i stand til. Store fagmiljø gjev betre høve til kompetansebygging, betre kvalitet, raskare avklaring av problemstillingar og ei meir dynamisk utvikling av tenestene.

I arbeidet med å formidle og overføre kompetanse innanfor statleg økonomistyring legg direktoratet meir vekt på å utvikle og tilby tenester som kan nå mange, framfor å ta oppdrag retta mot einskilde kundar. Dette kjem mellom anna til uttrykk i DFØs kurs og rettleiingar, som utgjer grunnstammen i kompetansetilbodet frå direktoratet.

Samla resultatvurdering

Ut ifrå hovudmåla som vart sette for etaten i 2016, vurderer Finansdepartementet resultata samla sett som gode.

Utfordringar

Finansiering av fellestenester

Omsynet til effektive fellesløysingar gjer at løns- og rekneskapstenestene i dag er løyvingsfinansierte. Ei verksemd som vert kunde av DFØ, overfører ein sum til DFØs budsjett som svarer til meirkostnaden som direktoratet har for å levere tenestene til den nye kunden. Dette er i regelen ein mykje lågare sum enn det verksemda sparer ved å bli kunde. Gevinsten gjer det mogleg å effektivisere verksemda.

Mange kundar ynskjer no å kunne betale for å få levert fleire og betre tenester. Dei har behov for nye løysingar og ser gjerne at DFØ kan utvikle desse på oppdrag frå verksemda. Det er ei utfordring å finne ei løysing som tener dei store kundane, utan at det går ut over merksemda og ressursane som vert gjeve til dei små.

Frivillige løysingar

Det er frivillig å bruke tenestene til DFØ. Av di overføringa til DFØ i samband med at ei verksemd vert kunde er så mykje lågare enn det verksemda kan spare, har den frivillige lina lukkast godt. Det er viktig at verksemdene er nøgde med tenestene. Er tilbodet frivillig, legg det òg eit større press på DFØ til å drive meir effektivt og levere betre kvalitet.

Det er ikkje noko mål at DFØ har alle verksemdene i staten som kundar. Fleire av dei er så store eller så spesialiserte, at dei kan vere betre tent med å løyse rekneskapsoppgåvene på eiga hand. Det er likevel truleg fleire verksemder som ville hatt nytte av å få levert løns- og rekneskapstenester frå DFØ, enn dei som får det i dag.

Nye kundesegment og tenestetilbod

DFØ skal levere fellestenester på økonomiområdet som gjev synergiar og stordriftsfordeler for staten. For å kunne gjere dette, må direktoratet vege omsynet til direkte gevinstar frå standardiserte fellesløysingar mot behovet for spesialtilpassingar for einskildverksemder eller grupper av verksemder.

Eit fleirtal av dei små verksemdene i staten, som har størst nytte av standardiserte tenester, er allereie kundar av DFØ. Dei verksemdene som no melder seg som kundar, er i regelen større og meir krevjande. Dei etterspør meir skreddarsydde tenester, og dei har behov for integrering med verksemdsinterne system som er kritiske for drifta. Dette kan vere utfordrande når DFØ samstundes skal bidra til å realisere stordriftsfordeler for staten. Det vil likevel vere enklare å tilpasse eller utvikle løysingar dersom dette òg kan kome til nytte for andre verksemder. Departementet vil drøfte desse spørsmåla med DFØ.

Krava og forventningane til DFØ sine tenester aukar òg i takt med nye teknologiske moglegheiter. Kundane ynskjer fleire og utvida tenester, både innan løn og rekneskap og på tilgrensande områder. I tida som kjem vil det vere viktig å halde staten sine interesser under eitt opp mot behova i einskilde verksemder.

Automatisering og robotisering

På rekneskapsområdet har det vore vanleg å bruke mykje tid og ressursar på å løyse regelbaserte og rutineprega oppgåver. Ein robot, eller virtuell (dataskapt) medarbeidar, kan overta dette arbeidet og frigjere tid slik at dei tilsette kan få høve til å utføre andre og meir krevjande oppgåver. Utviklinga på dette området går raskt, og det er viktig at staten ikkje vert liggjande etter.

DFØs standardiserte tenester er i dag heildigitale og difor godt eigna for ytterlegare automatisering. Direktoratet har frå 2016 starta utprøving av robotisert prosessautomatisering på rekneskapsområdet, og ser òg på nye plattformar og teknologiske løysingar for å ta i bruk kunstig intelligens i kundesentra. Dette er viktige satsingsområder for å gjere DFØ i stand til å levere tenester på ein endå betre, meir effektiv og framtidsretta måte.

Betre styring i staten

DFØ samarbeider med Direktoratet for forvalting og IKT (Difi) om fagområda styring, leiing og organisering av verksemda i staten. Dette er område der det vil bli stilt større krav etter kvart som statlege verksemder går ei tid i møte med løyvingar som ikkje veks eller vert reduserte, samstundes med at forventningane til kva verksemdene kan levere aukar. Det vil bli naudsynt å støtte verksemdene i arbeidet med å finne betre og meir føremålstenlege arbeids- og styringsformer. Verksemdene vil trenge meir og betre styringsinformasjon, og dei vil etterspørje eit tilbod om effektive fellestenester.

Tryggleik, styring og internkontroll

DFØ forvaltar fleire produksjonssystem som behandlar store informasjonsmengder. Direktoratet yter òg viktige fellestenester til dei fleste verksemdene i staten. At informasjonssystema er tilgjengelege, sikre og sikra er heilt avgjerande for at direktoratet skal nå måla sine. DFØ skal arbeide vidare med å styrkje informasjonstryggleiken i eiga verksemd, i tråd med dei nasjonale retningslinene.

Mål og budsjett 2018

Den underliggjande målstrukturen og dei kvalitative og kvantitative resultatmåla er fastsette i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og DFØ. Dei tilsikta resultata i 2018 skal jamt over vere like gode som resultata i føregåande år, jf. rapportomtalen ovanfor.

Løyvinga skal brukast i samsvar med dei føremåla og hovudoppgåvene som er omtalte ovanfor. Departementet gjer framlegg om å setje budsjettramma til DFØ for 2017 til 473,9 mill. kroner.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter, utgifter til opplæring, utgifter til leige og drift av kontorlokale, reiser, drift og innkjøp av kontorutstyr og IKT-utstyr med meir. Beløpet omfattar dessutan direkte utgifter til lønskøyring for andre statlege verksemder hos ekstern leverandør, i tillegg til utgifter til vidareutvikling av tenestene. DFØ har inntekter mellom anna frå tenester som direktoratet utfører for andre statlege verksemder.

DFØs kundemasse og korleis dei einskilde kundane betalar for tenestene, kan endre seg gjennom året. Til dømes gjekk mange kundar i 2016 over frå ei ordning der DFØ fekk fullmakt til å føre utgifta på kunden sitt kapittel, til å få tilsendt faktura frå DFØ. Frå 2016 er kostnadane for dei fleste av desse kundane løyvde på kap. 1605, post 01. Dette gjer at posten veks frå 2017 til 2018, utan at det disponible budsjettet for DFØ har vorte større.

Sidan det er uvisst kor store inntektene vert, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 01 Økonomitenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Det vert gjort framlegg om å løyve 458,1 mill. kroner under post 01.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar utviklingstiltak for DFØs system og infrastruktur på IKT-området, medrekna naudsynte oppgraderingar, vidareutvikling av systemløysingar med meir.

Det vert gjort framlegg om å løyve 15,8 mill. kroner under post 45.

Kap. 4605 Direktoratet for økonomistyring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Økonomitenester

79 444

49 600

50 600

Sum kap. 4605

79 444

49 600

50 600

Post 01 Økonomitenester

Posten omfattar i hovudsak betaling frå kundar når DFØ vidarefakturerer visse utgifter i samband med elektronisk fakturabehandling, programvarevedlikehald og teknisk drift av lønssystemet. Posten inneheld òg inntekter som gjeld betaling for løns- og rekneskapstenester frå kundar som har fått unntak frå rammeoverføring som finansieringsform, eller som av andre årsaker ikkje kan overføre løyving til DFØ.

Det vert vist til forslag til fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1605, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4605, post 01 Økonomitenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Det vert gjort framlegg om å løyve 50,6 mill. kroner under post 01.

Kap. 1608 Tiltak for å styrkje statleg økonomi- og prosjektstyring

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

19 790

15 953

18 841

Sum kap. 1608

19 790

15 953

18 841

Løyvinga under kap. 1608 vert delt mellom tiltak for å styrkje økonomistyringa i staten og forsking og vidare utvikling innanfor styring av store statlege investeringsprosjekt.

Økonomistyring

Finansdepartementets arbeid med statleg økonomistyring omfattar mellom anna å fastsetje og forvalte reglement for økonomistyringa i staten og andre sams prinsipp og normer for god økonomistyring, og ulike tiltak for å leggje til rette for økonomistyringa i statlege verksemder. Føremålet med tiltaka er å betre rekneskapsføringa og økonomistyringa i verksemdene og leggje til rette for best mogleg utnytting av ressursane. Denne delen av løyvinga under kap. 1608 vert brukt til særskilde prosjekt og faglege utviklingsoppgåver på området statleg økonomistyring.

I 2015 vart løyvinga mellom anna brukt til eit kurs i etatsstyring på hovudfagsnivå i samarbeid med Universitetet i Oslo. Kurset samla deltakarar frå eit fleirtal av departementa og frå sentrale verksemder. Kurset er ein del av regjeringas Program for betre styring og leiing.

Same året starta Finansdepartementet og Direktoratet for økonomistyring òg eit prosjekt for å gjere statsrekneskapen tilgjengeleg for brukarane på ein høveleg måte. Dette vil gje allmenta eit betre grunnlag for å gjere seg opp ei meining om kva staten bruker pengar på. Prosjektet er finansiert over kap. 1608, og nettsida statsregnskapet.no vart lansert 10. oktober 2017.

I 2016 etablerte Finansdepartementet ei fireårig stipendiatstilling i etatsstyring i samarbeid med Universitetet i Oslo. Stipendiaten skal bidra til å byggje opp eit fagmiljø som forskar på departementa si styring av statlege verksemder.

Prosjektstyring

Statlege investeringsprosjekt med ein terskelverdi over 750 mill. kroner, skal gjennom ekstern kvalitetssikring før prosjektet vert lagt fram for Stortinget. Ordninga som vart innført i 2000 (KS2) og utvida i 2005 (KS1), skal bidra til betre avgjerdsgrunnlag før vedtak vert fatta. Kvalitetssikringa vert utført i to steg:

  • kvalitetssikring av konseptvalet når forstudien er fullført (KS1)

  • kvalitetssikring av kostnadsoverslag og styringsunderlag når forprosjektet er fullført, eller i detaljprosjekteringsfasen for einskilde prosjekt (KS2)

Kvalitetssikringa skal utførast av særleg kvalifiserte private verksemder som etter konkurranse har fått ein rammeavtale med Finansdepartementet. Det vart inngått ny rammeavtale i september 2015 med seks ulike føretakskonstellasjonar. Rammeavtala gjeld i 2 år med opsjon på forlenging i 2 år. Finansdepartementet har utløyst opsjonen, og avtalen gjeld dermed til september 2019. Ordninga gjeld alle statlege investeringsprosjekt med unntak av SDØE og statlege føretak eller statleg eigde aksjeselskap som er ansvarlege for eigne investeringar, til dømes Avinor AS og helseføretaka. Utbyggingsselskapet for veg (Nye veier AS) samt det statlege føretaket for jernbaneinfrastruktur Bane NOR SF, vil òg ha eige ansvar for kvalitetssikring av kostnader og styringsunderlag når reguleringsplan for eit prosjekt er klart.

Det kan gjerast unntak frå KS1 for prosjekt som ikkje har viktige konseptuelle sider, medan KS2 er obligatorisk. Prosjekt på fylkesvegnettet som ligg over terskelverdet, og som heilt eller delvis vert finansierte med bompengar, skal kvalitetssikrast i dette regimet.

Investeringsprosjekta og kvalitetssikringsarbeidet har sidan 2002 vorte følgt opp av eit eige tverrfagleg forskingsprogram – Concept-programmet. Programmet er organisatorisk forankra ved NTNU, og tilhøvet mellom institusjonen og Finansdepartementet er formalisert i ein samarbeidsavtale. I brev om gjennomføring kvart år stiller departementet til rådvelde løyvingar til Concept-programmet over kap. 1608.

Concept-programmet skal utvikle ny kunnskap om tilrettelegging, kvalitetssikring og styring av store statlege investeringsprosjekt. Målet er å sikre gode konseptval, ressursutnytting og effekt av investeringane. Programmet skal vektleggje tidlegfasen i prosjekta, frå den fyrste ideen oppstår til endeleg finansiering av gjennomføringa er vedteken. Etterevaluering av store statlege investeringsprosjekt som no er komne i driftsfasen, skal vere en sentral aktivitet i åra framover.

Concept-programmet arbeider med følgjeforsking på store offentlege investeringar. Det inneber å trekkje ut røynsler frå tilrettelegginga og kvalitetssikringa av prosjekta og forske på problemstillingar som er relevante for å betre dette arbeidet.

Etter kvart som tidlegare kvalitetssikra prosjekt vert fullførte, samlar ein røynsledata som kan samanliknast på tvers av prosjekt og sektorar for å gje kunnskap og råd til dei som skal ta avgjerder og stå for kvalitetssikring. Concept-programmet har utvikla evalueringsformatet og prøvd det ut slik at ein kan evaluere verknadene etter kvart som prosjekta vert ferdigstilte og har vore i drift ei stund. I 2016 vart det levert 2 evalueringar av ferdigstilte prosjekt og starta 3 evalueringar som vert ferdigstilte i 2017. Ved inngangen til 2017 er 19 av dei om lag 30 prosjekta som er komne so langt, evaluert.

Evaluering av KS1 gjeld verknadene av prosjekta. Her skal ein sjå i kva mon samfunns- og effektmåla vart nådde, og om den samfunnsøkonomiske nytta er verkeleggjort etter føresetnadene. Det skal takast omsyn til seinare drifts-, vedlikehalds- og oppgraderingskostnader etter at prosjekta er ferdigstilte, endringar i nyttebiletet og kor levedyktig investeringa er sett under eitt.

I eit KS2-perspektiv skal ein sjå om resultatmåla vart nådde, dvs. om innhaldet i prosjektet vart som føresett, og om leveransen skjedde innanfor budsjett- og tidsrammene.

Forskingsresultata og publikasjonane til Concept-programmet er fritt tilgjengelege frå nettsidene til programmet.

Systematiske prosjektevalueringar kjem til å krevje auka innsats i åra som kjem. Samstundes skal følgjeforsking, arbeid med kompetansebygging, undervisning og rettleiing av studentar, røynsleutveksling nasjonalt og internasjonalt og forskingsformidling vidareførast.

Programkategori 23.20 Skatte- og avgiftsadministrasjon

Utgifter under programkategori 23.20, fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1610

Tolletaten

1 393 831

1 594 831

1 581 200

-0,9

1618

Skatteetaten

5 850 423

6 409 559

6 751 100

5,3

Sum kategori 23.20

7 244 254

8 004 390

8 332 300

4,1

Finansdepartementet har ansvaret for å forvalte skatte- og avgiftssystema. Det omfattar arbeidet med skatte- og avgiftslovgjevinga og styringa av den statlege delen av skatte-, avgifts- og tolladministrasjonen (Skatteetaten og Tolletaten). Skatteoppkrevjarane høyrer administrativt til kommunane, men dei er underlagde fagleg instruksjon frå Finansdepartementet og Skatteetaten når det gjeld kontroll av arbeidsgjevarane og innkrevjing av skatt og folketrygdavgifter. Skatteetaten har ansvaret for statens kontroll av skatteoppkrevjarfunksjonen, medan Riksrevisjonen utfører revisjonen.

Finansdepartementet og skatte- og avgiftsadministrasjonen elles skal mellom anna arbeide for at regelverket for skattar, avgifter og toll vert følgt. Skatte- og avgiftsadministrasjonen har som hovudoppgåver å fastsetje, krevje inn og kontrollere. Ved sida av regelverksutvikling, informasjon og rettleiing er verdikjeda i skatte- og avgiftsadministrasjonen slik det er vist i figur 5.1.

Organisering og ansvarsområde

Figur 5.1 Arbeidet til skatte- og avgiftsadministrasjonen med fastsetjing og innkrevjing av skattar og avgifter

Figur 5.1 Arbeidet til skatte- og avgiftsadministrasjonen med fastsetjing og innkrevjing av skattar og avgifter

Målet for skatte- og avgiftsadministrasjonen er å leggje til rette for inntekter til fellesskapet og ei rettferdig fordeling gjennom rett fastsetjing og rettidig innbetaling av skattar, avgifter og toll. I tillegg skal Tolletaten motverke ulovleg inn- og utførsel av varer. Skatteetaten skal dessutan arbeide for eit korrekt og oppdatert folkeregister. Ein nærare omtale av hovudmåla og resultata til etatane m.m. finst under kap. 1610 Tolletaten og kap. 1618 Skatteetaten.

For åra 2014–2016 fordelte skatte- og avgiftsinntektene seg slik det er vist i tabell 5.2.

Tabell 5.2 Innbetaling av skattar, avgifter og toll

Rekneskapstal (mill. kroner)

20141

20152

20163

Skatt på inntekt og formue

240 865

238 291

240 294

Arbeidsgjevaravgift

154 392

169 628

171 325

Trygdeavgift

129 559

129 807

133 599

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

176 164

110 157

47 606

Meirverdiavgift

242 571

252 220

266 172

Andre avgifter

97 563

99 323

102 002

Tollinntekter, medrekna sal av tollkvotar

3 205

3 305

3 369

Sum skatte-, avgifts- og tollinntekter over statsbudsjettet

1 044 319

1 002 731

964 367

Kommune- og fylkeskommuneskatt på inntekt og formue4

156 673

165 758

181 202

Samla skatte-, avgifts- og tollinntekter

1 200 992

1 168 489

1 145 569

1 Jf. Meld. St. 3 (2014–2015)

2 Jf. Meld. St. 3 (2015–2016)

3 Jf. Meld. St. 3 (2016–2017)

4 Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Innbetalingsprosenten har dei siste åra vore jamn og høg for dei viktigaste skattane og avgiftene. Dette vert omtalt nærare under kap. 1610 Tolletaten og kap. 1618 Skatteetaten.

Kap. 1610 Tolletaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

1 356 987

1 476 431

1 490 900

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

36 844

118 400

90 300

Sum kap. 1610

1 393 831

1 594 831

1 581 200

Formål, hovudoppgåver og organisering

Tolletaten skal motverke ulovleg inn- og utførsel av varer og leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer. Hovudoppgåvene er å:

  • forvalte og medverke til etterleving av regelverket for toll og vareførsel inn og ut av landet, mellom anna ved å informere og rettleie brukarane

  • kontrollere at varer som vart førte inn og ut av landet, er riktig deklarert og motverke ulovleg inn- og utførsel av varer

  • fastsetje og kontrollere grunnlaget for toll

  • utføre oppgåver for andre etatar i vareførselskontrollen

Etaten skal òg yte effektiv og god service til brukarane og vidareutvikle organisasjonen for stadig betre og meir effektiv oppgåveløysing.

Oppgåver med innkrevjing av toll, meirverdiavgift ved innførsel og særavgifter vart overførte frå Tolletaten til Skatteetaten 1. januar 2016. Frå same tidspunkt vart òg forvalting av særavgifter for registrerte verksemder og motorvognavgifter overført, og 1. januar 2017 vart ansvaret for forvaltinga av meirverdiavgift ved innførsel og særavgifter for ikkje-registrerte avgiftspliktige overført. Tolletaten vil ha oppgåver som skattemyndigheit for Skatteetaten for meirverdiavgift og særavgifter for ikkje-registrerte avgiftspliktige. Overføring av oppgåver til Skatteetaten er nærare omtalt i Prop. 1 S (2015–2016) og Prop. 1 LS (2015–2016).

Etaten består av eit sentralt direktorat og seks underliggjande tollregionar. Regiontollstadene er i Fredrikstad, Oslo, Kristiansand, Bergen, Trondheim og Tromsø. Tolletaten er òg lokalisert 29 andre stader i landet. I tillegg utfører svenske og finske tollstader oppgåver for norske tollstyresmakter. Etaten hadde per 31. desember 2016 ei bemanning som svarer til 1 508 årsverk.

Mål og resultat 2016

Resultata til Tolletaten i 2016 vert vurderte ut frå dei tre hovudmåla for verksemda dette året, jf. nedanfor.

Hovudmål 1: Leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer

Etaten behandlar og kontrollerer den grensekryssande varestraumen med tilhøyrande vareinformasjon og inn- og utførselsdeklarasjonar. Deklarasjonane er grunnlaget for det meste av statsinntektene som kjem av innførsel av varer til Noreg. Deklarasjonane vert òg brukte i statistikken for norsk utanrikshandel, og dei utgjer behandlings- og avgjerdsgrunnlag for andre etatar som Mattilsynet, Landbruksdirektoratet, Miljødirektoratet og Statistisk sentralbyrå.

I 2016 tok Tolletaten imot om lag 7,2 mill. inn- og utførselsdeklarasjonar, mot 7,1 mill. i 2015. Alle deklarasjonane vert behandla elektronisk i Tolletatens elektroniske system for utveksling av informasjon med næringslivet (TVINN). Til saman vart det i 2016 utført om lag 151 000 deklarasjonskontrollar (dokumentkontrollar). Deklarantar som gjer mykje feil, får særskild oppfølging med informasjon og andre tiltak.

Valutakontroll, kontroll med forfalska merkevarer og andre krenkingar av immaterielle rettar (IPR-varer), samt etterkontroll, inngår òg i kontrollarbeidet. I 2016 avdekte valutakontrollen 53 mill. kroner, mot 52 mill. kroner i 2015. IPR-kontrollane førte til at varer til ein verdi av 20 mill. kroner vart haldne tilbake, mot 35 mill. kroner i 2015.

Til saman avdekte vareførselskontrollane vel 1 mrd. kroner i 2016. Avdekte beløp i Tolletaten er lågare enn føregåande år, i hovudsak på grunn av overføringa av oppgåver frå Tolletaten til Skatteetaten.

Etter overføringa av oppgåver til Skatteetaten vil Tolletatens etterkontroll no rette seg mot etterleving av toll- og vareførselsregelverket og anna regelverk om inn- og utførsel av varer. Tolldeklarasjonane vil framleis vere underlagsdokumentasjon for skattemeldinga for meirverdiavgift. Mellom anna difor er Tolletatens kontroll med vareførselen viktig.

Hovudmål 2: Beskytte samfunnet mot ulovleg inn- og utførsel av varer

Kontroll av vareførselen over grensa har òg som formål å motverke ulovleg inn- og utførsel av farlege og ulovlege varer.

Tolletaten byggjer i stor grad kontrollen på risikoanalysar og etterretning for å avdekkje alvorlege lovbrot og profittmotivert ulovleg inn- og utførsel. Kampen mot narkotikakriminalitet har høg prioritet. Beslaga varierer frå år til år, og einskildbeslag kan gjere store utslag på årsresultatet.

Etaten har sidan 2012 nytta elektronisk utstyr med kamera og skiltattkjenning (ANPR) på nokre utvalde grenseovergangar i Østfold og Sør-Hedmark. Systemet syner køyretøy som passerer og varslar mellom anna når køyretøy mistenkt for smugling, passerer ein grenseovergang. Røynsla med ANPR har vore gode. Sjå nærare omtale av ordninga i eige avsnitt under Prioriteringar i 2018.

Tabell 5.3 Tolletaten – nøkkeltal frå grensekontrollen

År

2014

2015

2016

Kontrollerte objekt

214 894

212 667

229 300

Treffprosent

11,9

12,0

11,4

Treffprosent i kontroll av reisande

12,7

13,0

12,7

Treffprosent i godskontrollen

8,6

8,5

6,9

Treffprosent i kontroll av transportmiddel

13,4

13

13,4

Tal på lovbrot melde til politiet 1

7 305

7 354

6 201

Tal på avdekte alvorlege lovbrot

688

720

592

Sum vekta avdekte alvorlege lovbrot

2 997

3 243

2 640

1 Gjeld ordinære melde saker og saker der politi/påtalemyndigheit får tollrapport rett etter beslag som grunnlag for vidare etterforsking.

Tolletatens kontrollverksemd har i 2016 jamt over halde seg på om lag same nivå som dei siste åra, medan treffprosenten er noko lågare. 6 201 saker vart melde til politiet, noko som er lågare enn i 2014 og 2015. 592 av desse galdt alvorlege lovbrot, der aktørane ofte var profesjonelle i organiserte nettverk. Beslaga vert òg målte ved at kvart alvorlege beslag vert vekta med ein poengsum etter kor stort beslaget er og i kva for ei gruppe av beslag det tilhøyrar. Dei største narkotika- og dopingbeslaga gjev mest poeng. Dette vert gjort for å vektleggje dei beslaga som vanlegvis er eit resultat av eit langt og ressurskrevjande etterretningsarbeid. Poenga vert summert, og i 2016 vart resultatet 2 640 poeng, som var noko lågare enn i 2015.

Ei årsak til nedgangen i treffprosent, tall på avdekte alvorlege lovbrot og sum vekta avdekte alvorlege lovbrot, er anteke å vere endringar i metode og geografi for smuglartrafikken på Austlandet.

Tabell 5.4 Tolletaten – grensekontroll – beslagsstatistikk

År

2014

2015

2016

Tal på narkotikabeslag

3 957

3 942

3 881

Ecstasy (i stk. tabl.)

42 200

18 500

9 700

Dopingmiddel (einingar)

167 438

285 461

194 600

Brennevin1 (i liter)

62 477

59 382

60 800

Sprit2 (i liter)

358

2 537

350

Vin (i liter)

49 100

46 400

31 100

Øl (i liter)

507 700

484 500

566 400

Sigarettar (stk.)

9,8 mill.

11,7 mill.

8,9 mill.

Valuta NOK3

11,8 mill.

8,6 mill.

19,5 mill.

1 Alkoholvarer med alkoholprosent over 22 pst. t.o.m. 60 pst.

2 Brennevin med meir enn 60 pst. alkohol

3 Valuta som er beslaglagd pga. mistanke om straffbare tilhøve

I 2016 gjorde Tolletaten om lag 35 000 beslag. Av desse galdt 3 881 narkotika. Tal på narkotikabeslag i 2016 er noko lågare enn i 2015, og dette kan ha si årsak i færre beslag av khat. Smuglinga av khat til Noreg er monaleg redusert etter at både Nederland og Storbritannia forbaud khat. Etaten har aldri beslaglagt større mengder cannabis enn i 2016.

Beslag av brennevin er i 2016 på same nivå som i 2015, medan Tolletaten aldri tidlegare har beslaglagt så store mengder øl som i 2016. Beslag av vin og sigarettar er redusert.

Tolletaten har i 2016 arbeidt med å etablere Tolletatens etterretningssenter, og senteret vart etablert i Tolldirektoratet i februar 2017. Det er forventa at senteret mellom anna vil bidra til kontrollar som meir systematisk er baserte på risiko og vesentlegheit. Sjå nærare omtale i eige avsnitt under Prioriteringar i 2018.

Hovudmål 3: Bidra til forenkling, harmonisering og innovasjon på etaten sine ansvarsområde

Tolletaten har i 2016 vorte meir utviklingsorientert. IT-utviklinga kan i større grad sjåast i samanheng med forretningsprosessane, og etaten har òg innført prosjekt- og porteføljestyring.

Etaten har arbeidd med ei rekkje tiltak som gjer den meir effektiv og klar for utvikling. Mellom anna vert det utvikla betre systemstøtte på kontrollområdet, eigedomsmassen til etaten er gjennomgått og ny modell for styring av verksemda er innført.

Samla resultatvurdering

Finansdepartementet vurderer driftsresultata i 2016 samla sett som gode. Etaten har dei siste åra hatt jamt gode resultat. Etaten kan syne til gode resultat i 2016, men somme av resultata er noko lågare enn i 2014 og 2015. Ein antek at endringar i metode og geografi for smuglartrafikken på Austlandet er ei medverkande årsak til dette.

I styringa av Tolletaten har departementet lagt vekt på at langsiktig utviklingsarbeid i større grad må prioriterast, slik at etaten blir betre rusta til òg i framtida oppnå gode resultat. Departementet er tilfreds med at etaten i 2016 har arbeidd med ei rekkje tiltak for å gjere Tolletaten meir effektiv og utviklingsorientert.

Tolletaten har òg i 2016 arbeidd med overføring av oppgåver til Skatteetaten. Departementet er godt fornøgd med korleis etaten har handtert overføringa av oppgåver til Skatteetaten.

Prioriteringar i 2018

Elektronisk nærvær ved alle landevegs grenseovergangar

Som varsla i Prop. 1 S (2015–2016) starta Tolletaten i 2016 i samband med styrkinga av grensekontrollen ei systematisk utbygging av elektronisk utstyr med kamera og skiltattkjenning (ANPR) på alle landevegs grenseovergangar og ferjeleie med utanlandstrafikk. Dette arbeidet har vorte noko forsinka i 2017 grunna arbeid med å bytte utstyrsleverandør. Fram mot utgangen av 2020 vil etaten fortlaupande byggje ut ordninga til fleire landevegs grenseovergangar og ferjeleie med utanlandstrafikk. Det vil verte oppretta elektronisk skiltattkjenning for både inn- og utgåande trafikk.

Frå januar 2017 vart lagringstida for opplysningane frå ANPR utvida til seks månader. Dette vil gjere at Tolletaten no kan utnytte ordninga betre ved at den kan bruke informasjonen til mellom anna å planleggje kontrollar, velje ut aktuelle kontrollobjekt og setje i verk ulike kontrolltiltak.

Tolletatens etterretningssenter

For å styrkje og betre etatens etterretning- og analysekapasitet vart Tolletaten sitt etterretningssenter etablert i februar 2017. Styrking av Tolletatens etterretnings- og analysekapasitet er eit av satsingsområda i samband med styrkinga av Tolletatens grensekontroll. Etterretningsenteret er lagt til Tolldirektoratet. Senteret skal mellom anna sikre ombruk av etterretningsinformasjonen i etaten, leggje til rette for meir koordinert kontrollinnsats og sikre god fordeling av etterretnings- og analyseoppgåver.

Tolletaten vil i 2018 halde fram arbeidet med å vurdere om det er mogleg å utvide tilgangen til å hente inn og lagre informasjon om kontrollobjekt, samstundes som den skal utvikle god IT-støtte til etterretnings- og analysearbeidet. I dette arbeidet vil etaten samarbeide med aktørar i både inn- og utland. Tolletaten vil òg samarbeide tett med andre myndigheiter, til dømes Skatteetaten, og delta aktivt i etterretnings- og analysefora med andre etatar.

Systemstøtte på kontrollområdet og teknologisk moglegheitsstudie

Tolletaten starta i 2017 eit arbeid med å utvikle betre systemstønad på kontrollområdet. Etaten skal mellom anna etablere ei ny løysing for analyse, lagring og formidling av etterretningsinformasjon, leggje til rette for elektronisk overføring frå kurerselskapa av opplysningar om varene i ei transporteining (manifest) og etablere ei løysing for å registrere og gjere tilgjengeleg resultata frå deklarasjonskontrollen. Etaten planlegg å vidareføre dette arbeidet i 2018. I budsjettframlegget er det sett av 10 mill. kroner til utvikling av systemstønad til Tolletatens kontrollområde.

Tolletaten vurderer òg korleis bruk av ny teknologi kan betre etaten si oppgåveløysing. Etaten gjennomfører i den samanhengen i 2017 ein teknologisk moglegheitsstudie i samarbeid med Forsvarets forskingsinstitutt. Nye teknologiske løysingar vil kunne gje både meir målretta objektutveljing og meir effektive kontrollar. Teknologiområder som vert vurderte, er mellom anna avansert dataanalyse og maskinlæring, sensorteknologi og satelittovervaking.

I 2018 vil Tolletaten vurdere å gjennomføre eitt eller fleire mindre forsøksprosjekt for å teste utvalde teknologiar som moglegheitsstudien peikar ut som særleg interessante. I tillegg vil etaten vurdere bruk av nokre av desse teknologiane i utviklinga av betre systemstøtte på kontrollområdet (TREFF-prosjektet).

Gjennomgang av tollova

Frå 1. januar 2017 er forvaltingsansvaret for meirverdiavgift som oppstår ved innførsel og særavgifter, overført frå Tolletaten til Skatteetaten. Tolletaten er styrkt som grenseetat for å drive effektiv kontroll med vareførsla over grensa. Etaten skal som tidlegare fastsetje toll. Det er sett i gong eit arbeid med å vurdere endringar i tollova for at den skal passe betre til oppgåvene i etaten. EUs nye tollkodeks vart vedteken 9. oktober 2013 og tok til å gjelde frå juni 2016 for nokre delar. Endringar i tollova bør sjåast i samanheng med den nye tollkodeksen. Ny lov om skatteforvalting som inneheld forvaltingsføresegner for dei fleste skatte- og avgiftskrav, men ikkje for toll, tok til å gjelde 1. januar 2017. Det er behov for å vurdere høvet mellom forvaltingsføresegnene i tollova og i skatteforvaltingslova. Tolletaten er involvert i arbeidet med å gjennomgå tollova, og dette vil vere ei viktig oppgåve òg i 2018.

Betre kontroll med vareførselen

Arbeidet med risikovurderingar, basert på betre analysemetodar og utvida grunnlagsmateriale, skal halde fram i Tolletaten. Internasjonale tollstrategiar legg òg auka vekt på bruk av risikovurderingar av varesendingar og aktørar i varestraumen, samt meir samverke mellom næringslivsaktørar og tollmyndigheiter for å effektivisere kontrollverksemda.

Kontroll med vareførsel omfattar tollverdi, spørsmål om vareopphav, restriksjonar, handelsstatistikk og høve som kan true tryggleiken i samfunnet. Kriminaliteten som gjeld vareførsel, vert meir samansett og innfløkt. Dei siste åra har det òg vore ein kraftig auke i handelen på internett. Mange freistar å unndra avgifter ved å setje verdien på varen lågare enn reell verdi. I tillegg vert òg varer som det er knytt restriksjonar eller forbod til, tekne inn via postsendingar. Desse utviklingstrekka stiller store krav til etterretnings- og kontrollkompetansen i Tolletaten. Behov for informasjon frå aktørar og andre kjelder aukar, og etaten må ta i bruk ny teknologi i kontrollverksemda.

I 2018 vil Tolletaten halde fram arbeidet med å finne løysingar for elektronisk innsamling, oppbevaring og vidare handsaming av manifest frå kurer- og postverksemder. Analysar og bruk av denne informasjonen skal medverke til betre utveljing av kontrollobjekt og dermed meir effektive og treffsikre kontrollar.

EU er Noregs største handelspartnar, og det er inngått avtalar som gjer handel mellom Noreg og EU smidig. Noreg er ein del av EUs tryggingsområde for handel. Etaten er difor forplikta til å utføre ein ytre tryggingskontroll av alle varer frå tredjeland via Noreg til EU. Noreg har òg ei internasjonal forplikting til å føre kontroll med varer som vert sende frå Noreg. Dette for å hindre spreiing av våpen og andre farlege varer. Det er viktig å kontrollere at all eksport vert korrekt deklarert.

Kontrollen med vareførselen skal utviklast vidare. Etaten skal betre metodane på utvalde risikoområde innanfor kontrollen med vareførselen. Røynsler frå kontrollresultat skal brukast meir systematisk, og ein skal nytte informasjon frå eigne og eksterne kjelder betre. Etaten skal framleis samarbeide med andre etatar som Skatteetaten, politiet, Økokrim og Fiskeridirektoratet. Samarbeidet omfattar utveksling av informasjon og sams kontrollar. Etter flyttinga av oppgåver frå Tolletaten til Skatteetaten vil samarbeidet mellom desse to etatane verte tettare og meir strukturert for å motverke skatte- og avgiftsunndraging. Etaten skal framleis vere ein aktiv deltakar i fiskeriforvaltinga sitt analysenettverk (FFA), som arbeider mot ulovleg, ikkje-rapportert og uregulert fiske.

Utvikling av inn- og utførselsprosessar

I 2017 har etaten fortsett arbeidet med ulike prosjekt som skal føre til at kontroll- og vareførselsprosessane vert meir effektive. Tolletaten arbeider mellom anna med prosjektet «Ekspressfortolling på landevei», som skal gjere det mogleg å behandle deklarasjonane og vurdere risiko før varene kjem over grensa. I tillegg vil ein leggje til rette for elektronisk registrering og frigjeving av varer ved grensepassering. Dette gjer avgjeving av informasjon og passering av grensa meir effektivt for næringslivet. Samstundes skal ordninga leggje til rette for at Tolletaten kan gjere betre og meir målretta kontrollar. Store mengder varer vert i dag førte inn ved at dei vert køyrde direkte til varemottakar utan at Tolletaten har tilstrekkeleg kunnskap om og kontroll over varen (direktekøyring).

Tolletaten planlegg eit forsøksprosjekt med ekspressfortolling for godstrafikk på landeveg ved Ørje tollstad i 2018 og vil seinare vurdere om det er aktuelt å innføre ordninga i større skala.

I 2017 har òg Tolletaten arbeidd med å lage ein strategi for korleis etaten skal betre inn- og utførselsprosessane for næringslivet. Strategien omhandlar mellom anna meir digital informasjon om varer og vareførselen, utvikling av autorisasjonsordningar og utvida bruk av ekspressfortolling.

Internasjonalt samarbeid

Oppgåvene til Tolletaten vert meir og meir prega av den internasjonale utviklinga: rask teknologisk utvikling, meir effektive internasjonale handelsprosessar og eit meir komplisert og utfordrande trugselbilete. Etaten må difor prioritere oppgåvene sine etter det.

Størstedelen av norsk handel med utlandet er med andre europeiske land. Difor er det viktig at regelverk, prosedyrar og kontrollmetodar er godt avstemde med dei europeiske handelspartnarane våre. Etaten følgjer med på og freistar å påverke standardane og regelverket som vert utvikla gjennom Verdas handelsorganisasjon (World Trade Organization, WTO), Verdas tollorganisasjon (World Customs Organization, WCO) og initiere og bidra til frihandels- og samarbeidsavtalar som Noreg forhandlar om.

Med grunnlag i WTO-avtalen om tilrettelegging for handel som vart sett i verk i februar 2017, skal Noreg etablere ein nasjonal komité. Tolldirektoratet skal leie komitéen og sekretariatet for den. Komitéen skal mellom anna følgje opp gjennomføringa av avtalen i Noreg og arbeide for å fjerne unaudsynte hinder for vareflyten.

Tolletaten skal hjelpe WCO og WTO med tollfagleg ekspertise i nokre land i utvikling og skal lede komiteane for kapasitetsbygging og for revisjon i WCO fram til sommaren 2018. Etaten skal òg gje råd til land i utvikling for å gjere dei betre i stand til å bruke handelsavtalane og dei tollpreferansane som desse avtalane gjev.

Mål og budsjett 2018

Finansdepartementet har fastsett desse hovudmåla for Tolletaten for 2018:

  • Leggje til rette for korrekt og effektiv inn- og utførsel av varer

  • Beskytte samfunnet mot ulovleg inn- og utførsel av varer

I oppfølginga av etaten tek ein høgde for at dette er hovudmål som ein aldri vil kunne nå fullt ut. Det er ikkje realistisk at Tolletaten kan stoppe all ulovleg inn- og utførsel av varer. Vidare vil òg etatens kontrollverksemd alltid innebere ei viss hindring for vareførselen, samanlikna med ein tenkt situasjon der varestraumane ikkje vert kontrollert i det heile teke.

I det daglege arbeidet er det vidare naudsynt at etaten veg kvalitet opp mot effektivitet. Heilt feilfri oppgåveløysning er ikkje eit realistisk mål.

Den underliggjande målstrukturen vert fastsett i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og Tolletaten i samband med utforminga av tildelingsbrevet frå departementet til etaten for 2018. Resultata i 2018 skal jamt over vere som resultata i 2016. Departementet forventar ein positiv verknad av styrkinga av grensekontrollen i 2018.

Tolletaten arbeider jamt med å løyse oppgåvene sine betre. Etaten må nytte kontrollressursane på best mogleg måte og prioritere etter risikovurderingar. Betre utnytting av teknologi må prioriterast, og etaten må sørgje for rett kompetanse til dei ulike oppgåvene etaten skal løyse. Dette inneber at Tolletaten er inne i ein periode med omprioriteringar, endring og utvikling. Mellom anna skal etaten i 2017 og 2018 utgreie ein betre og meir effektiv organisering av etaten. Av røynsle er det risiko for at endringar i ein overgangsperiode kan påverke oppgåveløysinga. I motsett retning vil satsinga på styrkt grensekontroll og arbeidet Tolletaten gjer for å effektivisere og utvikle, gje ein positiv effekt. Samla sett er det likevel ein viss risiko for at resultata dei neste åra vert noko svakare enn tidlegare år.

Departementet foreslår å setje utgiftsramma for Tolletaten til 1 581,2 mill. kroner. Dette er 0,9 pst. lågare enn saldert budsjett 2017.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar lønsutgifter og andre driftsutgifter og er budsjettert til 1 490,9 mill. kroner. Det er ein auke på 1 pst. frå saldert budsjett 2017.

Tolletaten framleiger ein del lokale. På grunn av den nære samanhengen som det her er mellom utgifter og inntekter, vil nettoføring gje det beste uttrykket for dei økonomiske realitetane. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å nettoføre refusjonane som utgiftsreduksjon under kap. 1610 Tolletaten, post 01 Driftsutgifter, jf. framlegg til romartalsvedtak IX.2.

Finansdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, postane 01 Særskilt vederlag for tolltenester, 04 Ymse refusjonar og 05 Refusjonar frå Avinor AS, jf. nærare omtale nedanfor.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar større vedlikehald, utskiftingar og kjøp av utstyr til grensekontrollen og IT-formål. Posten er budsjettert med 90,3 mill. kroner. Det er ein reduksjon på 23,7 pst. frå saldert budsjett 2017. Ein stor del av løyvinga skal gå til utstyrskjøp i samband med styrkinga av grensekontrollen, mellom anna til montering av system for elektronisk kontroll ved enda fleire grenseovergangar.

I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vere behov for å bestille for meir enn det som er løyvt, mot dekning av seinare løyvingar. Departementet ber difor om ei bestillingsfullmakt på 40 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.

Kap. 4610 Tolletaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Særskilt vederlag for tolltenester

8 220

6 680

6 800

02

Andre inntekter

1 141

1 695

900

04

Diverse refusjonar

4 366

1 092

1 100

05

Refusjon frå Avinor AS

24 433

25 220

24 600

85

Gebyr for regelbrot

6 636

7 000

17 000

Sum kap. 4610

44 796

41 687

50 400

Post 01 Særskilt vederlag for tolltenester

Posten omfattar gebyr for privatrekvirert tollbehandling og ekspedisjonsgebyr for utført tollforretning utanfor kontorstad og ekspedisjonstid. For å dekkje dei meirkostnadane som denne behandlinga og ekspederinga fører med seg ved høgare aktivitetsnivå enn det som er føresett, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 01 Særskilt vederlag for tolltenester, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Satsane for privatrekvirert tollbehandling skal i 2018 vere 410 kroner for 50 pst. overtid og 550 kroner for 100 pst. overtid. Ekspedisjonsgebyret skal vere på 205 kroner per påbyrja halvtime. Gebyrheimel er tollova § 4–3 tredje ledd.

Post 02 Andre inntekter

Posten omfattar fleire typar inntekter, som til dømes inntekter frå auksjonssal av overliggjande inndregne varer, innkravde sakskostnadar og agio. Inntekta i 2018 er noko lågare enn i 2017. Årsaka er at frå 2018 vil årsavgifta for motorkøyretøy verte erstatta av trafikkforsikringsavgifta. Tolletaten vil difor ikkje ha inntekter frå gebyr for å forhindre inndraging av skilta når årsavgifta ikkje er betalt.

Tolletaten har ein del direkte utgifter i samband med auksjonssal, særleg til kunngjeringar, provisjon til nettauksjonsstaden og til taksering av særskilde varer, til dømes tepper og smykke. Slike utgifter er med på å gje høgare salsinntekter. For å få eit meir korrekt uttrykk for salsresultatet foreslår departementet at slike direkte utgifter kan trekkjast frå brutto salsbeløp (nettoposterast), jf. framlegg til romartalsvedtak IX.1.

Post 04 Diverse refusjonar

Posten vert brukt til inntekter som er ei direkte følgje av og av same slag som den tilsvarande utgifta. Det gjeld mellom anna bestemte prosjekt etter oppdrag og med tilskot frå andre statlege etatar, kompetansetiltak m.m., inntekter frå kursverksemd for næringslivet.

Det er nær samanheng mellom desse inntektene og dei tilhøyrande utgiftene på kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, og inntektene varierer ein del frå år til år. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 04 Ymse refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Post 05 Refusjonar frå Avinor AS

Avinor AS skal dekkje Tolletatens meirkostnadar i samband med prøveprosjektet Forenkla transfer, Domestic transfer, enklare prosedyrar ved flybytte ved Oslo lufthamn, Gardermoen. Refusjonar frå Avinor AS skal førast på denne posten. Fordi meirkostnadane og dermed òg refusjonsbeløp er noko usikre, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1610, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4610, post 05 Refusjon frå Avinor AS, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Post 85 Gebyr for regelbrot

Posten omfattar inntekter frå gebyr som vert ilagde ved ulovleg ut- og innførsel av valuta og gebyr for brot på nærare angjeve føresegner i tollova kapittel 3 og 4.

Valuta og andre betalingsmiddel med ein verdi på meir enn 25 000 kroner skal meldast og leggjast fram for Tolletaten ved inn- og utførsel i samsvar med tollova med forskrifter. Når det er konstatert brot på deklareringsplikta, kan det ileggjast eit gebyr, eventuelt kan tilhøvet meldast til politiet. Gebyret kan utgjere opp til 20 pst. av det ikkje-deklarerte beløpet.

Ved brot på nærare angjeve føresegn i tollova kapittel 3 og 4, for manglande medverknad til kontroll og utskriving av uriktig opphavsbevis m.m., kan det ileggjast eit gebyr. Ramma for gebyret er regulert i forskrift.

Kap. 1618 Skatteetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

5 295 362

5 662 708

5 773 600

21

Spesielle driftsutgifter

152 823

190 300

195 300

22

Større IT-prosjekt, kan overførast

227 580

358 700

576 500

23

Spesielle driftsutgifter, a-ordninga

77 941

84 751

89 900

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

93 717

110 100

112 300

70

Tilskot

3 000

3 000

3 500

Sum kap. 1618

5 850 423

6 409 559

6 751 100

Samfunnsoppdrag, hovudoppgåver og organisering

Skatteetatens samfunnsoppdrag er uttrykt slik: Skatteetaten skal sikre eit finansielt hovudgrunnlag for offentleg verksemd.

Skatteetaten består i 2017 av eit sentralt direktorat, fem skatteregionar (Skatt nord, Skatt Midt-Noreg, Skatt vest, Skatt sør og Skatt aust), Statens innkrevjingssentral, Sentralskattekontoret for storbedrifter, Oljeskattekontoret og Skatteopplysninga. Skatteregionane hadde per 31. desember 2016 til saman 103 skattekontoreiningar. Skatteetaten fekk 4. oktober 2016 fullmakt til å gjennomføre ein ny kontorstruktur i etaten med 57 kontoreiningar. Den nye strukturen vert innført gradvis og innan 31. desember 2019. Etaten hadde per 31. desember 2016 ei bemanning tilsvarande 6 549 årsverk.

Mål og resultat 2016

Resultata til Skatteetaten vert vurderte ut ifrå fire hovudmål, sjå nedanfor. Ei ny skatteforvaltingslov tok til å gjelde frå 1. januar 2017. Lova nytter ein del nye omgrep som gjeld fastsetjingsprosessen. Til dømes er omgrepet «sjølvmelding» erstatta av «skattemelding». I rapporteringa av resultata frå 2016 vert dei gamle omgrepa nytta.

Hovudmål 1: Skattane skal fastsetjast rett og til rett tid

I 2016 vart det fastsett 1 100,3 mrd. kroner i direkte og indirekte skattar. Det var 88 mrd. kroner meir enn i 2015. Skattar frå personlege og upersonlege skattytarar auka med 36,3 mrd. kroner og utgjorde i alt 563,2 mrd. kroner. Ansvar for særavgifter vart overført til Skatteetaten frå Tolletaten frå 2016. Fastsette særavgifter utgjorde 94,4 mrd. kroner i 2016. I 2015 fastsette Tolletaten 92,4 mrd. kroner i særavgifter. Arbeidsgjevaravgifta utgjorde i 2016 161,4 mrd. kroner, som er 3 mrd. kroner meir enn i 2015. Trygdeavgifta var i 2016 134,2 mrd. kroner, ei auke på 7,1 mrd. kroner frå 2015. Meirverdiavgifta auka med 13,3 mrd. kroner frå 2015 og utgjorde i 2016 266,5 mrd. kroner. Nesten heile auken gjeld meirverdiavgifta fastsett av Skatteetaten (innanlands omsetnad). Det vart utlikna 0,2 mrd. kroner i arveavgift i 2016. Fastsett petroleumsskatt vart 14,6 mrd. kroner i 2016, 59,0 mrd. kroner lågare enn i 2015. Nærare omtale finst i Prop. 1 LS (2017–2018) Skatter, avgifter og toll 2018.

Sjølvmelding

I 2016 behandla Skatteetaten sjølvmeldingar for inntektsåret 2015 frå om lag 4,4 mill. lønstakarar og pensjonistar, 375 000 personleg næringsdrivande og 291 000 etterskotspliktige selskap. Av lønstakarane og pensjonistane nytta 69,3 pst. ordninga med leveringsfritak. Det er ein reduksjon på 0,6 prosenteiningar frå 2015. Av lønstakarar, pensjonistar og næringsdrivande som leverte sjølvmelding, leverte 91,2 pst. elektronisk i 2016, mot 86,1 pst. i 2015.

Grunnlagsdata er tredjepartsopplysningar frå til dømes bankar, arbeidsgjevarar og offentleg forvaltning og som vert førehandsutfylte i sjølvmeldinga. Kvaliteten på grunnlagsdata vert mellom anna målt ved kor stor del dei ikkje identifiserte grunnlagsdataoppgåvene utgjorde. For 2016 var målet til etaten at den skulle vere mindre enn 1,5 pst. Resultatet vart 0,75 pst.

Kvaliteten på grunnlagsdata for inntektsåret 2015 var på nokre område ikkje tilfredsstillande med ein auke i materielle feil frå mellom anna a-meldinga. Skatteetaten retta feila i etterkant, slik at skatteoppgjera for brukarane vart riktige. Etter at årsakene til avvika var funne, vart det i samarbeid med dei største oppgåvegjevarane gjort forbetringar.

Både fleire sjølvmeldingar frå upersonlege skattytarar og sjølvstendig næringsdrivande og fleire meiravgiftsoppgåver vart leverte i tide i 2016 enn i 2015. Arbeidet med for seint innkomne sjølvmeldingar og oppgåver er ressurskrevjande for Skatteetaten. Etaten meiner tilpassa informasjon, endra arbeidsmetodikk og sletting av inaktive verksemder i Meirverdiavgiftsregisteret har medverka til resultatforbetringane. Departementet er nøgd med denne utviklinga. Frå og med 2017 vil nye reglar om tvangsmulkt truleg gjere at fleire leverer til rett tid.

Skatteoppgjeret for inntektsåret 2015

Skatteoppgjeret for inntektsåret 2015 vart klart i juni 2016 for 86,4 pst. av lønstakarane og pensjonistane. Dette er ein auke på litt over ei prosenteining frå førre år. Personleg næringsdrivande kunne få tidlege skatteoppgjer frå august og utover. 77,5 pst. av desse fekk skatteoppgjeret allereie i august. Etterskotspliktige selskap får alltid skatteoppgjeret i oktober.

Etaten hadde to avvik på skatteoppgjeret som førte til feil i utrekninga av skattar og avgifter på skatteoppgjeret til om lag 25 500 skattytarar. Dei som vart råka av feilen, vart varsla og nytt skatteoppgjør utarbeidd. Etaten har sett i verk tiltak for å redusere risikoen for slike feil.

Kontroll og etterleving

Skatteetaten gjennomfører ei rekkje tiltak for å bidra til god kvalitet på skatteoppgjeret, til dømes informasjon og rettleiing, dialog med skattytarane, dialog med oppgåvegjevarane og kontroll. Målet med dette arbeidet er å auke etterlevinga og å sikre rettane til skattytarane. Etaten arbeider etter ein etterlevingsmetodikk der ulike kontrolltypar og andre verkemiddel vert vurderte i samanheng med sikte på eit best mogleg resultat og auka etterleving.

Skatteetaten legg vekt på å kontrollere mest på dei områda der faren for medvitne feil og unndraging er størst. Treffprosenten for avdekkingskontrollar i 2016 (71,2 pst.) er høgare enn i 2015. Gjennomsnittleg avdekt inntekt per avdekkingskontroll (om lag 187 000) kroner) er på same nivå som i 2015, medan gjennomsnittleg avdekt meirverdiavgift per avdekkingskontroll (om lag 82 500 kroner) er lågare enn i 2015. Gjennomsnittleg avdekt særavgift per verksemdkontroll var om lag 384 000 kroner. Denne oppgåva vart overført frå Tolletaten i 2016.

Skatteetaten legg vekt på ei god samansetjing av kontrollane som mellom anna dekkjer store, tunge saker, og kontrollaksjonar der synleggjering av kontrollarbeidet er eit av måla. Opplevd oppdagingsrisiko har mykje å seie for kor mykje skatt og avgift som vert unndrege. Skatteetaten måler difor mellom anna opplevd oppdagingsrisiko hos eit utval verksemder. Delen som opplever liten eller svært liten oppdagingsrisiko, var på 32 pst. i 2016. Dette er ein auke på 11 prosenteiningar samanlikna med Kriminalitets- og sikkerheitsundersøkinga i Noreg frå 2015 og ein auke på seks prosenteiningar frå Skatteetatens eiga undersøking i 2014. Sjølv om det er skilnader mellom bransjane i vurderinga av oppdagingsrisiko, er det ikkje enkeltbransjar som over tid skil seg klart negativt ut. Skattedirektoratet finn heller ikkje nokon tydeleg samanheng mellom opplevd oppdagingsrisiko og Skatteetatens kontrollomfang. I Skatteetaten si undersøking frå 2017 er delen som opplever liten eller svært liten oppdagingsrisiko 20 pst. Departementet vil peike på at resultata frå desse undersøkingane bør vurderast over tid før ein kan trekkje bastante konklusjonar om opplevd oppdagingsrisiko og verknadene av tiltak. Skatteetaten arbeider med å utvikle denne typen analysar.

Skatteetaten arbeider med å redusere skatte- og avgiftsunndragingar ved både å avdekkje og inndrive unndregne skattar og avgifter og ved å melde kriminelle bakmenn. Meir samarbeid med andre kontrolletatar og politiet vert stadig viktigare. I 2016 opna Skatteetaten saman med Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten og politiet nye tverretatlege a-krimsenter i Trondheim og Kristiansand. Nasjonalt tverretatleg analyse- og etterretningssenter opna òg i 2016. Der deltek Skatteetaten saman med politiet, Tolletaten, Arbeids- og velferdsetaten og Arbeidstilsynet. Sjå elles omtale nedanfor av arbeidet etaten gjer for å motverke arbeidslivskriminalitet.

Skatteetaten samarbeider òg med ei rekkje arbeidslivs- og bransjeorganisasjonar for å redusere handlingsrommet til dei useriøse aktørane og for å setje innkjøpar og forbrukar i stand til å handle kvitt, mellom anna gjennom alliansen «Samarbeid mot svart økonomi».

Kontroll av arbeidsgjevarar

Dei kommunale skatteoppkrevjarane kontrollerer arbeidsgjevarane. Føremålet med kontrollane er å sjå til at forskotstrekk og arbeidsgjevaravgift vert rekna ut, oppbevart, innrapportert og innbetalt i samsvar med dei føresegnene som gjeld. Sidan likning av lønstakarar òg baserer seg på innsende a-meldingsopplysningar frå arbeidsgjevarane, er kontrollen viktig for å få korrekt skattegrunnlag.

Dei kommunale skatteoppkrevjarane kontrollerte 4,3 pst. av arbeidsgjevarane i 2016. Målet er 5 pst. Sidan personallistekontrollane frå og med 2016 ikkje er med i talgrunnlaget, kan ein ikkje samanlikne 2016-resultatet direkte med tidlegare år. Resultatet utan personallistekontrollar var 2,9 pst. i 2015 og 3,4 pst. i 2014. Resultatet i 2016 syner difor ei positiv utvikling. Av kontrollane var 37 pst. avdekkingskontrollar, ein liten auke frå 2015.

Mange skatteoppkrevjarar rapporterer at dei har ein krevjande ressurssituasjon. 23 av landets skatteoppkrevjarkontor hadde ikkje nokon kontrollaktivitet i 2016, noko som er ei negativ utvikling samanlikna med tidlegare år (14 i 2015 og 12 i 2014). Det er framleis behov for at Skatteetaten styrkjer den faglege oppfølginga av, og samarbeidet med, skatteoppkrevjarane om prioritering og planlegging av arbeidsgjevarkontrollen.

Meirverdiavgift

Ved utgangen av 2016 var det registrert om lag 360 000 verksemder i Meirverdiavgiftsregisteret, og det vart behandla om lag 1,7 mill. meirverdiavgiftsoppgåver dette året. Gjennomsnittleg avdekt meirverdiavgift per oppgåvekontroll (om lag 31 000 kroner) er høgare enn i 2015 (26 400 kroner). Årsaka til auken er mellom anna at Skatteetaten treff betre med kontrollutveljinga. Behandlingstida for negative meirverdiavgiftsoppgåver teke ut til kontroll, har hatt negativ utvikling over ei tid. Skatteetaten har i 2017 sett i verk tiltak for at saksbehandlingstida skal vere kortare. Etaten har derimot hatt ei positiv utvikling for saksbehandlingstida for skjønsfastsetjingar, og etaten nådde målet sitt om at over 90 pst. av skjønsfastsetjingar skal vere behandla innan 80 dagar.

Hovudmål 2: Skattane skal betalast til rett tid

Skatteetaten er eineansvarleg for innkrevjing av petroleumsskatt, meirverdiavgift og særavgifter. Gjennom Statens innkrevjingssentral krev etaten dessutan inn straffekrav og avgifter, gebyr og misleghaldne krav på vegne av andre styresmakter. Innkrevjing av inntekts- og formuesskatt og avgifter til folketrygda (trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift) er lagt til dei kommunale skatteoppkrevjarane, med Skatteetaten som fagleg overordna styresmakt.

Innkrevjing av skatt og arbeidsgjevaravgift

For dei fleste personlege skattytarar skjer innbetaling av skatt gjennom forskot. For inntektsåret 2015 utgjorde innbetalt forskotstrekk 99,95 pst. av sum krav per 31. desember 2016. Innbetalt forskotsskatt av sum krav for personlege skattytarar var 99,23 pst.

Skatteetaten tok hausten 2016 i bruk ei modernisert løysing for forskot med enklare løysingar for søknader om endra skattekort og Skatteetatens behandling av desse. Produksjonen av skattekort for 2017 har i hovudsak gått etter planen.

Innbetalinga av restskatt frå personar for inntektsåret 2015 var på 94,9 pst. av sum krav, noko som er ein auke samanlikna med inntektsåret 2014. Tvangsinnkrevd restskatt for personlege skattytarar av sum krav til innkrevjing var 63,3 pst. Dette er ein auke på 0,2 prosenteiningar frå 2016. Ein høg del frivillig innbetalt restskatt (86,8 pst.) tilseier at det er meir krevjande for skatteoppkrevjarane å krevje inn det som står att.

Samla restanse for skatt frå personlege og upersonlege skattytarar (alle inntektsår) var per 31. desember 2016 om lag 22,8 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 0,8 mrd. kroner. Tala inkluderer ikkje krav der innkrevjinga er stoppa mellombels.

Innkrevjing av meirverdiavgift

Per 31. desember 2016 var 99,4 pst. av meirverdiavgifta som var fastsett for avgiftsåret 2015, innbetalt. Resultatet var det same i 2014 og 2015. Resultatet for tvangsinnkrevjing (75,0 pst.) var om lag som i 2015.

Den aktive restansen på meirverdiavgift (alle avgiftsår) er per 31. desember 2016 på om lag 3,9 mrd. kroner, medan totalrestansen for alle avgiftsår er 8,5 mrd. kroner. Dette er ein liten auke samanlikna med 2015.

Innkrevjing av straffekrav som er utferda av justisstyresmaktene og avgifter, gebyr og misleghaldne krav for andre statlege verksemder

Innkrevjingsresultata for Statens innkrevjingssentral er jamt over gode. Delen innbetalte beløp av sum krav var i 2016 høgare enn i 2015 for avgifter og gebyr, mens det var ein liten nedgang for bøter og andre straffekrav og misleghaldne studielån.

Delen feilfri saksbehandling i tvangsinnkrevjinga og anna innfordring ligg samla sett på eit stabilt høgt nivå – rett under 99 pst.

Kontrollen av skatterekneskapen

I 2016 gjennomførte skattekontora stadleg kontroll av 82,3 pst. av kommunanes skatteoppkrevjarkontor. Dette er på om lag same nivå som i 2015.

Hovudmål 3: Folkeregisteret skal ha høg kvalitet

Eit oppdatert folkeregister er avgjerande for ei rekkje sentrale samfunnsfunksjonar. Gratis standardtenester frå 1. februar 2016 har gjort opplysningane i Folkeregisteret meir tilgjengelege. I samband med arbeidet med konvertering av dagens folkeregister til eit modernisert register arbeider Skatteetaten systematisk for å redusere talet på feil i registeret.

Eit godt folkeregister føreset at borgarane og andre instansar sender korrekte opplysningar til Skatteetaten, og at endringar vert melde raskt. Skatteetaten nådde i 2016 resultatmåla sine for meldingsbehandling og saksbehandlingstider med unntak av meldingstypen for innvandring. Skatteetaten endra i 2016 sine rutinar slik at fleire meldingar om innvandring vart behandla grundigare, noko som har påverka saksbehandlingstida.

I 2016 vart det registrert om lag 209 000 nye personar i Folkeregisteret. Av desse er 61 000 fødde i Noreg, 53 000 er innvandra og 95 000 har ei mellombels knyting til Noreg (d-nummer).

Registrering i det norske Folkeregisteret er attraktivt for mange, og det er ein fare for at nokon skal få fødsels- eller d-nummer på feil grunnlag. Ein god identitetskontroll ved melding om innvandring og rekvirering av d-nummer er difor viktig. Skatteetaten overtok 1. januar 2017 id-kontrollen frå Arbeids- og velferdsetaten, Brønnøysundregistra, bankar med fleire. Det er framleis rekvirerande verksemd sitt ansvar å avgjere om ein person skal verte id-kontrollert eller ikkje. Skatteetaten er i dialog med fleire rekvirentar for å vurdere kva for grupper som skal til id-kontroll.

Skatteetaten har i 2016 fortsett arbeidet med å rydde i d-nummerdatabasen. I januar 2017 vart om lag 1 mill. d-nummer merka som inaktive i Folkeregisteret. Etaten har òg innført ei tidsgrense på fem år for nye og aktive d-nummer. D-nummer som er sette som inaktive, vil framleis kunne nyttast, og det er opp til brukarane av Folkeregisteret å avgjere korleis dei skal handtere eit inaktivt d-nummer. Utanlandske arbeidstakarar med inaktivt d-nummer skal møte til ny id-kontroll når dei søkjer om nytt skattekort. Desse tiltaka skal etter kvart medverke til at personar med d-nummer som vert tatt opp i skattemanntalet, i hovudsak vil ha ei aktiv tilknyting til Noreg.

Sjå òg eigen omtale av identitetsforvalting og modernisering av Folkeregisteret under.

Hovudmål 4: Brukarane skal få god service

Skatteetaten legg stor vekt på rettstryggleik og på å yte god service og gje god informasjon til dei skattepliktige. Dette er mellom anna viktig for å bidra til høg tillit til skattesystemet og etaten.

Behandling av klager på skatte- og avgiftsvedtak

Høve til å klage på skatte- og avgiftsvedtak er ein viktig del av rettstryggleiken til skattytarane. 1. juli 2016 vart det etablert ei ny landsdekkjande klagenemnd for skatt og meirverdiavgift som erstatta dei fem regionale skatteklagenemndene, skatteklagenemnda ved Sentralskattekontoret for storbedrifter, skatteklagenemnda ved Sentralskattekontoret for utanlandssaker, Klagenemnda for meirverdiavgift og Riksskattenemnda. Eit eige landsdekkjande sekretariat førebur sakene for nemnda.

Tabell 5.5 syner talet på klagesaker som i 2016 vart behandla ved skattekontora, Klagenemnda for petroleumsskatt og (per 1. juli 2016) nemndene i den gamle nemndsordninga.

Tabell 5.5 Tal på behandla klager på skattevedtak

2014

2015

2016

Behandla av skattekontoret sjølv i 1. instans

75 546

71 716

75 818

Behandla i dei regionale skatteklagenemndene

3 909

3 143

1 9111

Behandla i Riksskattenemnda

7

6

31

Behandla i Klagenemnda for petroleumsskatt

25

23

18

Behandla i Klagenemnda for meirverdiavgift

369

322

1881

1 Tal per 1. juli 2016.

I 2016 vart om lag 91,1 pst. av klagene på likningsbehandlinga behandla innan tre månader etter at klaga vart motteke. Dette er om lag same resultat som i 2015. 73,4 pst. av sakene som vart behandla i Klagenemnda for meirverdiavgift, vart behandla innan seks månader. Dette er ein nedgang frå 85,4 pst. i 2015. Årsaka er at det i fyrste halvår 2016 vart prioritert å avslutte gamle og ressurskrevjande saker før overgang til ny nemndsordning.

Hausten 2016 auka talet på restansar i Skatteklagenemnda. Talet på restansar per 31. desember 2016 (1 015 saker) var ikkje tilfredsstillande. Det er krevjande å etablere ei ny ordning samstundes med løpande behandling av klagesaker. Dette er ei av årsakene til opphopinga av saker. Det har òg vist seg at overleveringa av klagesaker frå skattekontora til sekretariatet ikkje har vore effektiv nok. Sekretariatet har våren 2017 gjennomgått saksbehandlingsrutinane sine og sett i verk tiltak som skal betre saksflyten. Skattedirektoratet har òg sett i verk meir kortsiktige tiltak for å få ned restansane, til dømes auka saksbehandlingsressursar i sekretariatet. Departementet har merka seg at Skattedirektoratet har ei aktiv oppfølging av restansesituasjonen i nemnda og ventar at restansesituasjonen vil betre seg.

Brukarundersøkingar

På oppdrag frå Skatteetaten gjennomfører meiningsmålingsbyrå jamnleg brukarundersøkingar blant privatpersonar og i næringslivet. Brukarundersøkingar frå 2016 syner at publikum stort sett er nøgd med servicen frå Skatteopplysninga. 85 pst. er nøgd med telefonsamtalen brukaren har hatt med Skatteopplysninga, medan 73 pst. av brukarar som har hatt kontakt med Skatteetaten, meiner servicen er god. Båe resultata er betre enn i 2015.

Fyrstelinetenesta

Skatteetaten har i 2016 lagt vekt på rettleiing i bruk av etatens digitale sjølvbeteningsløysingar. Målet er at flest mogleg vert sjølvhjelpte på skatteetaten.no. Samstundes legg etaten vekt på at fyrstelinetenesta skal gje korrekt rettleiing og at brukarane skal få svar ved fyrste kontakt.

Ei intern kvalitetsundersøking av svara i fyrstelinetenesta syner at Skatteopplysninga og rettleiarane i skranke svarar rett på gjennomsnittleg 91,0 pst. av spørsmåla i granskinga. Dette er om lag same nivå som i 2015, men då var berre svara frå Skatteopplysninga omfatta. Resultatet er framleis noko lågare enn målet til etaten. Skatteetaten har sett i verk fleire tiltak for å betre kvaliteten i fyrstelinetenesta. Departementet er nøgd med at etaten arbeider målretta med å følgje opp kvaliteten i fyrstelinetenesta.

Servicesenter for utanlandske arbeidstakarar

Skatteetaten samarbeider med politiet, Utlendingsdirektoratet og Arbeidstilsynet om servicesenter for utanlandske arbeidstakarar. Hausten 2016 opna eit nytt senter i Trondheim. Frå før fanst slike senter i Oslo, Stavanger, Kirkenes og Bergen. Ved servicesentra kan både arbeidstakarar frå land utanfor Norden og arbeidsgjevarar få rettleiing og behandling av søknader.

Skattehjelpa

Skattytarane har rett til informasjon og rettleiing, men behovet for slik hjelp varierer. Skattehjelpa er eit tiltak som er retta mot skattytarar som av ulike årsaker ikkje har vore i stand til å oppfylle sine plikter og ta vare på rettane sine overfor skattestyresmaktene. Tiltaket bidreg slik til rettstryggleik for skattytarane.

I 2016 vurderte Skattehjelpa 882 saker. Om lag 38 pst. av sakene førte til endra fastsetjing eller at krav vart ettergjevne. Endringane er størst i favør av skattytarane, noko som heng saman med at dei opphavlege krava i desse sakene ofte er basert på skjønsfastsette krav som følgje av manglande eigendeklarering. Når Skattehjelpa har fått avklart den reelle situasjonen, syner det seg ofte at grunnlaget for skatt og meirverdiavgift er lågare enn det som vart lagt til grunn i skjønsfastsetjinga.

Samla resultatvurdering

Finansdepartementet vurderer resultata til Skatteetaten for 2016 som gode sett under eitt.

Departementet er stort sett nøgd med resultata på fastsetjings- og kontrollområdet. Dei store produksjonane er i hovudsak gjennomførte til rett tid og med god kvalitet, men med nokre avvik. Det er positivt at delane for rettidige sjølvmeldingar frå upersonlege skattytarar og sjølvstendig næringsdrivande og rettidig innkomne meirverdiavgiftsoppgåver har auka frå 2015.

Departementet er nøgd med gjennomsnittleg avdekte beløp for avdekkingskontrollane for inntekt og meirverdiavgift og at treffprosenten har auka. Etaten sitt kontrollarbeid må òg sjåast i samanheng med andre verkemiddel som skal bidra til etterleving av skatte- og avgiftsreglane, til dømes tiltak i arbeidet mot arbeidslivskriminalitet. Her har etaten lagt ned ein omfattande innsats i 2016. Skatteetaten må fortsetje arbeidet med å betre resultata på meirverdiavgiftsområdet, mellom anna med kvaliteten på Meirverdiavgiftsregisteret.

Resultata på innkrevjingsområdet er gode og om lag på same nivå som i 2015 eller betre for dei fleste styringsparametrane. Det er framleis behov for at Skatteetaten styrkjer den faglege styringa og oppfølginga av skatteoppkrevjarfunksjonen.

Departementet er samla sett nøgd med resultata for saksbehandlingstider på folkeregisterområdet og etatens arbeid med identitetsforvalting. Det er framleis behov for stor merksemd på identitetskontroll og tiltak som kan gje ein meir heilskapleg identitetsforvalting.

Restansesituasjonen i Skatteklagenemnda per 31. desember 2016 var ikkje tilfredsstillande. Skattedirektoratet må følgje opp utviklinga.

Brukargranskingar syner at publikum gjennomgåande er godt nøgd med rettleiinga frå Skatteopplysninga, og at skattytarane er nøgde med servicen til etaten. Skatteetaten må framleis følgje opp at den faglege kvaliteten i fyrstelinetenesta er god.

Departementet er nøgd med at Skatteetaten i 2016 har teke over både oppgåver og eit stort tal tilsette frå Tolletaten utan at dette har svekka resultata. Departementet er òg nøgd med Skatteetatens arbeid med IT-modernisering i 2016. Etaten har over fleire år lukkast med å planleggje og gjennomføre store moderniseringsprosjekt som gjev både effektivisering i etaten og betre tenester for innbyggjarar og næringsliv.

Prioriteringar i 2018

Organiseringa av Skatteetaten – Nye skatt

Som eit ledd i arbeidet med ei betre og meir effektiv skatte- og avgiftsforvalting fekk Skattedirektoratet i oppdrag å vurdere om den overordna organiseringa av etaten er føremålstenleg og gjere framlegg om endringar, jf. Prop. 1 S (2016–2017) for Finansdepartementet. Ein viktig del av dette oppdraget har vore å vurdere potensialet for meir effektiv oppgåveløysing ved mellom anna auka spesialisering og arbeidsdeling, standardisering av arbeidsprosessar og meir heilskapleg bruk av verkemiddel. Skatteetaten har foreslått ein organisasjonsmodell basert på landsdekkjande oppgåveløysing. Skatteetatens forslag byggjer på etatens nye kontorstruktur med 57 kontoreiningar. Etaten arbeider vidare med detaljeringa av framlegget til organisasjonsmodell.

Overføring av Nav Innkrevjing til Skatteetaten

Arbeids- og velferdsdirektoratet og Skattedirektoratet fekk i februar 2017 i oppdrag å greie ut overføring av innkrevjingseininga i Arbeids- og velferdsetaten (Nav) til Skatteetaten. Innlemming av Nav Innkrevjing i Skatteetaten vil kunne bidra til at Nav sitt arbeid i større grad kan verte retta mot etaten sitt primære samfunnsoppdrag – bidra til auka overgang til arbeid, færre på stønad og sikre utbetaling av økonomiske ytingar. Samtidig vil tiltaket leggje til rette for ei meir heilskapleg og effektiv innkrevjing av offentlege krav ved å ytterlegare styrkje Skatteetaten som ein statleg etat for innkrevjing. Regjeringa har lagt til grunn at innlemming av Nav Innkrevjing i Skatteetaten i seg sjølv ikkje vil medføre oppseiingar eller flytting av etatane si innkrevjingsverksemd. Direktorata tek sikte på at Nav Innkrevjing formelt vert overført til Skatteetaten frå 1. april 2018. Direktorata tilrår at tilpassingane i IT-systema vert gjennomførde over ein lengre periode.

Tiltak mot arbeidslivskriminalitet

Skatteetaten er ein viktig part i regjeringas «Strategi mot arbeidslivskriminalitet» og etaten deltar aktivt i oppfølginga av fleire tiltak i strategien. Skatteetaten har saman med Arbeidstilsynet, Arbeids- og velferdsetaten og politiet utarbeid ein sams handlingsplan for styrkt innsats mot arbeidslivskriminalitet 2017–2019. Etaten vil òg bidra til å vidareutvikle samarbeidet ved dei tverretatlege a-krimsentra i Oslo, Stavanger, Bergen, Kristiansand, Trondheim, Bodø og Tønsberg der skatteoppkrevjarane og dei same etatane arbeider saman mot slik kriminalitet. Det same gjeld samarbeidet ved nasjonalt, tverretatleg analyse- og etterretningssenter mot økonomisk kriminalitet. Skatteetatens innsats mot arbeidslivskriminalitet skal helde fram.

Kvaliteten på Meirverdiavgiftsregisteret

Betra kvalitet på Meirverdiavgiftsregisteret er viktig for etterleving av meirverdiavgiftsreglane og for å førebyggje at meirverdiavgiftssystemet vert nytta til svindel. Skatteetaten arbeider aktivt for å betre registerkvaliteten, mellom anna gjennom målretta tiltak mot arbeidslivskriminalitet, endra kontrollrutinar ved registrering og ved å kontrollere om verksemder som søkjer registrering er reelle, og om registrerte verksemder er i drift. Skatteetaten skal halde fram med arbeidet for å auke kvaliteten i registeret.

Internasjonalt arbeid for å tryggje skattegrunnlaget

Internasjonale transaksjonar fører med seg ein risiko for tap av skatteproveny, særleg ved skjulte økonomiske interesser og verdiar i utlandet og i saker som gjeld internprising i multinasjonale konsern. Flytting av overskot ved grenseoverskridande, konserninterne transaksjonar har stort provenypotensial. Skatteetatens samarbeid med andre skatteadministrasjonar og arbeidet med internprising og å avdekkje skjult inntekt og formue i utlandet, er difor viktig. Eit viktig bidrag vil vere å innføre tilrådingane i G20/OECDs «Base Erosion and Profit Shifting» (BEPS) Action 13 rapport «Transfer Pricing Documentation and Country-by Country Reporting». Skatteetaten skal utvikle system slik at opplysningane frå land-for-land-rapporteringa kan nyttast i risikohandteringa på internprisingsområdet. Skatteetaten skal òg fortsetje arbeidet med å utvikle IT-løysingar og prosessar som effektivt kan utnytte informasjonen etaten får gjennom den internasjonale standarden for automatisk utveksling av finansielle kontoopplysningar (CRS), og avtalen med USA om automatisk utveksling av finansielle opplysningar (FATCA). Vidare må etaten etablere metodar for å hindre unndraging via land eller middel som ikkje er knytt til eller omfatta av standardane. Førespurnader om bistand frå utlandet skal nyttast aktivt for å få fleire opplysningar i dei einskilde sakene. Departementet forventar at desse tiltaka vil føre til at skattereglane i større grad vert følgde.

Betre identitetsforvalting

Personopplysningane i Folkeregisteret vert nytta når andre instansar skal utferde legitimasjonsdokument som pass, bankkort og førarkort. Skatteetaten arbeider for å gjere synleg i Folkeregisteret på kva grunnlag ein identitet er registrert. Det vil kome fram av registreringa om personen sin identitet er kontrollert eller ikkje. Slik kan brukarar av Folkeregisteret avgjere om identiteten er trygg nok for deira bruk. Skatteetaten skal førebu teknisk, juridisk og administrativ innføring av slik synleggjering. Samtidig er Skattedirektoratet i samarbeid med Politidirektoratet og Utlendingsdirektoratet gjeve i oppdrag å utgreie ei mogleg kopling mellom biometriske data i passregisteret/utlendingsregisteret og Folkeregisteret, for slik å kunne registrere personar som unike. Skatteetaten skal halde fram dialogen med Politidirektoratet, Utlendingsdirektoratet og Datatilsynet med sikte på å hindre at falske eller fiktive identitetar vert registrerte i Folkeregisteret.

Modernisering av Folkeregisteret

Skatteetaten byrja i 2016 eit prosjekt for å modernisere Folkeregisteret, og arbeidet held fram til 1. januar 2020. Prosjektet er eit viktig tiltak for auka digitalisering og effektivisering av offentleg sektor og ei betre identitetsforvalting. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2016–2017).

Kostnadsramma for prosjektet er 561,6 mill. kroner. Det er for 2018 sett av 155,4 mill. kroner til modernisering av Folkeregisteret.

Ny personidentifikator

På oppdrag frå Finansdepartementet har Skatteetaten greidd ut om konseptval for ny personidentifikator. Utrekningar viser at ledige fødselsnummer etter kvart vil verte brukte opp, og at talet på ledige nummer vil verte kritisk lågt rundt 2040. Dagens fødselsnummer er ei sentral opplysning i offentleg og privat sektor. Det er difor mange IT-system som skal endrast ved innføring av eit nytt fødselsnummer, og det er behov for lang innføringstid til å klargjere og gjennomføre naudsynte endringar. Regjeringa vil, i tråd med Skattedirektoratets konklusjon, innføre eit nytt fødselsnummer som byggjer vidare på dagens fødselsnummer, men utan opplysningar om kjønn. Endringa skal gjelde frå 1. januar 2032. Saka har vore på høyring våren 2017. Sjå omtale av saka og høyringa i Prop. 1 LS (2017–2018), kap. 39.

Ny digital skattemelding (SIRIUS)

I den nye skatteforvaltingslova er «skattemelding» det nye namnet for «sjølvmeldinga». Skattemeldinga for inntekt og formue dokumenterer dei skattepliktiges eigenfastsetjing av grunnlaget for direkte skatt og trygdeavgift for om lag 4,4 mill. lønstakarar og pensjonistar og om lag 700 000 næringsdrivande personar og selskap. Noverande skattemeldingsløysing vart i hovudsak utforma då innhenting av opplysningar på papir framleis var hovudregelen. Næringsdrivande har i dag omfattande opplysningskrav og opptil 50 skjema å fylle ut ved levering av skattemeldinga. Dei skattepliktige gjer ofte feil som krev oppfølging og dialog mellom etaten og skattepliktige.

Regjeringa gjer framlegg om å utvikle ei ny digital skattemelding for inntekt og formue for næringsdrivande, lønstakarar og pensjonistar. I den nye digitale skattemeldinga vil fleire opplysningar vere tilgjengelege for dei skattepliktige ved utfylling. Gjennom dialogfunksjonar kan dei skattepliktige få tilpassa rettleiing ved utfylling og tilbakemeldingar allereie ved levering, noko som vil gje færre feil i meldinga. Dette vil styrkje dei skattepliktiges rettstryggleik, betre kvaliteten på innhaldet i skattemeldinga og minke Skatteetatens ressursbruk på kontroll og endringar.

Tiltaket vil gje monalege forenklingar og forbetringar i prosessane for fastsetjing av skatt og vil vere eit viktig bidrag i regjeringas arbeid for å forenkle, fornye og forbetre offentleg sektor gjennom digitalisering og nettbasert kommunikasjon med innbyggjarar og næringsliv.

Ei ny, dialogbasert skattemelding for inntekt og formue vil redusere næringslivets kostnadar ved å etterleve statlege rapporteringskrav. Opplysningskrava for næringslivet vil verte reduserte som ei følgje av meir gjenbruk av opplysningar og ved at dei mange skjema vert erstatta av ei oppstilling av opplysningar som ligg nært opptil rekneskapsoppstillinga. Den årlege gevinsten for næringslivet er rekna til 275 mill. kroner.

Lønstakarar og pensjonistar vil få ei ny teneste for endringar i den førehandsutfylte skattemeldinga, med meir informasjon om dei samla skatteforholda. Den nye digitale skattemeldinga vil gje betre digitale prosessar for levering av meldinga, umiddelbare tilbakemeldingar ved endringar og moglegheit for omgåande skatteoppgjer og rask utbetaling.

Noreg har i dag høg arbeidsinnvandring, eit internasjonalisert næringsliv og mange innbyggjarar som i periodar vel å opphalde seg i utlandet. SIRIUS omfattar nye system og rettleiingsrutinar som vil gjere det enklare for skattepliktige med utanlandsforhold å følgje opp pliktane sine og betre kvaliteten i Skatteetatens oppfølging. Tiltaket vil òg styrkje etatens evne til å nytte opplysningar frå utlandet på ein effektiv måte og slik bidra til å sikre det norske skattefundamentet.

Ny digital skattemelding vil òg gje ein modernisering av Skatteetatens IT-system for fastsetjing av skatt. Dei nye IT-systema vil auke etatens endringsevne og redusere teknisk sårbarheit. Noverande system for fastsetjing av skatt nærmar seg slutten av si teknologiske levetid og har aukande drifts- og forvaltingskostnadar. Nye system vil etter kvart gje monalege kostnadsinnsparingar til forvalting og drift.

Ny digital skattemelding vil verte utvikla i perioden 2018–2021 med ei kostnadsramme på 515 mill. kroner. Kostnadsramma inkluderer naudsynte endringar i Statistisk sentralbyrås system. For 2018 er det sett av 120 mill. kroner til prosjektet.

Ny systemløysing for avgiftsforvaltninga (SAFIR)

Hovudmålet med SAFIR er at staten får eit nytt, velfungerande IT-system for å forvalte særavgifter når dagens teknologiske plattform i Tolletaten frå 2018 ikkje lenger har ei forsvarleg teknisk støtte. SAFIR-systemet skal handtere fastsetjing og innkrevjing av alle særavgifter og av meirverdiavgift ved innførsel, og dessutan innkrevjing av alle pengestraumar som gjeld import. SAFIR har hovudleveransane sine i 2018. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2016–2017).

SAFIR-prosjektet har ei samla kostnadsramme på 624,8 mill. kroner. For 2018 er det sett av 212,5 mill. kroner til prosjektet.

Modernisering av systema for forskotsutskriving og skatteutrekning (SOFUS)

Skatteetaten starta i 2014 arbeidet med å modernisere prosessen og systema for forskotsutskriving og skatteutrekning. Prosjektet vert avslutta i 2018. Moderniseringa vil gje laupande skatteutrekning og syne skattytarane dei skattemessige følgjene av endring i inntekt, frådrag og formue. Dette vil kunne styrkje rettstryggleiken og dialogen med skattytar både ved utrekning av forskot og ved skatteoppgjeret. Moderniseringa av systemløysingane skal tryggje laupande produksjon, betre endringsevna og gje redusert vekst i forvaltingskostnadene. Sjå òg omtale i Prop. 1 S (2016–2017).

Kostnadsramma for prosjektet er 246,6 mill. kroner. Det er i 2018 sett av 88,6 mill. kroner til arbeidet.

Mål og budsjett 2018

Finansdepartementet har fastsett desse hovudmåla for Skatteetaten for 2018:

  • Dei skatte- og opplysningspliktige etterlever skatte- og avgiftsreglane

  • Skatteetaten sikrar brukarane tilgang til registerdata og informasjon med god kvalitet

  • Samfunnet har tillit til Skatteetaten

Hovudmåla for 2018 er nye. Føremålet med dei nye hovudmåla er å leggje til rette for ei styring av Skatteetaten som i større grad legg vekt på dei samla effektane av etatens verkemedelbruk og i mindre grad på aktivitetar. Måla er nært knytte til OECDs vurderingar av korleis skatteadministrasjonar bør løyse sine samfunnsoppdrag.

Underliggjande effektindikatorar, styringsparametrar og forklaringsvariablar vert fastsett i styringsdialogen mellom Finansdepartementet og Skatteetaten i samband med utforminga av tildelingsbrev til etaten for 2018. Resultata i 2018 skal jamt over vere like gode som resultata i 2016.

Skatteetaten arbeider jamt med å løyse oppgåvene sine betre. I det daglege arbeidet er det naudsynt at etaten veg kvalitet opp mot effektivitet. Heilt feilfri oppgåveløysing er ikkje eit realistisk mål.

Budsjettramma for Skatteetaten er for 2018 sett til 6 751,1 mill. kroner som er vel 341,5 mill. kroner høgare enn i Saldert budsjett 2017.

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar mellom anna lønsutgifter, utgifter til opplæring, utgifter til leige og drift av kontorlokale, reiser, kontorutstyr. Posten omfattar òg utgifter til rekneskapsføring, innkrevjing og kontroll av skatt frå oppdrags- og arbeidstakarar som er skattepliktige i Noreg, men som ikkje har tilknyting til nokon kommune. Posten dekkjer dessutan drift og forvalting av IT-systema til etaten, arbeid med utanlandske arbeidstakarar og tiltak mot svart økonomi og skattekriminalitet.

For 2018 er det gjort framlegg om å løyve 5 773,6 mill. kroner under post 01. Dette er ein nominell auke frå Saldert budsjett 2017 med 110,9 mill. kroner eller 2 pst. Denne auken er lågare enn kostnadsauken etaten får som følgje av overtakinga av Nav Innkrevjing. Forslaget inneber difor skjerpa krav til effektivisering og innsparingar. I forslaget ligg det inne spesifiserte innsparingstiltak med om lag 45 mill. kroner og uspesifisert innsparing (avbyråkratiserings- og effektiviseringsreformen) med vel 28 mill. kroner.

Skatteetaten har nokre inntekter frå sal av tenester til andre statsinstitusjonar og kommunar og ein del andre inntekter. Fordi det er uvisst kor store inntektene vil vere, ber Finansdepartementet om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1618, post 01 Driftsutgifter, med eit beløp tilsvarande meirinntekter under kap. 4618, post 03 Andre inntekter, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Skatteetaten har utgifter til tenester for eksterne oppdragsgjevarar. Finansdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 1618, post 01 Driftsutgifter, mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4618, post 02 Andre refusjonar, jf. framlegg til romartalsvedtak II.1.

Skatteetaten framleiger ein del lokale. På grunn av den nære samanhengen her mellom utgifter og inntekter vil nettoføring gje det beste uttrykket for dei økonomiske realitetane. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å nettoføre refusjonane som utgiftsreduksjon under kap. 1618 Skatteetaten, post 01 Driftsutgifter, jf. framlegg til romartalsvedtak IX.3.

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Posten omfattar utgifter til innkrevjing av meirverdiavgift, særavgifter og petroleumsskatt m.m. for Skatteetaten, og dessutan Skatteetatens del av utgifter som dei kommunale skatteoppkrevjarane har til innkrevjing av arbeidsgjevaravgift, skatt og trygdeavgift. Posten omfattar òg kostnader med tvangsforretning, tinglysing og garantistilling, i tillegg til sakskostnader i rettssaker som gjeld meirverdiavgift og sakskostnadar der Oljeskattekontoret er part. For 2018 er det gjort framlegg om å løyve 195,3 mill. kroner under post 21.

Post 22 Større IT-prosjekt, kan overførast

Posten omfattar løyvingar til arbeid med ny digital skattemelding (SIRIUS), modernisering av systema for forskotsutskriving og skatteutrekning (SOFUS), ny systemløysing for avgiftsforvaltninga (SAFIR) og modernisering av Folkeregisteret. Prosjekta er nærare omtalte ovanfor. For 2018 er det gjort framlegg om å løyve 576,5 mill. kroner under post 22.

For desse investeringsprosjekta kan det verte bruk for avtalar som går utover budsjettåret, mot dekning av seinare løyvingar. Departementet ber difor om at Skatteetaten får fullmakt til å inngå slike avtalar innanfor dei kostnadsrammene som er gjevne ovanfor, jf. framlegg til romartalsvedtak V.2.

Post 23 Spesielle driftsutgifter, a-ordninga

Etatenes fellesforvaltning tek hand om interessene til dei tre samarbeidande etatane (Skatteetaten, Arbeids- og velferdsetaten og Statistisk sentralbyrå) og til dei opplysningspliktige i den vidare forvaltinga og utviklinga av a-ordninga. Etatens fellesforvaltning er ei eiga avdeling i Skattedirektoratet. For 2018 er det gjort framlegg om å løyve 89,9 mill. kroner til forvaltinga av a-ordninga.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Posten omfattar ei avsetjing til IT-føremål, medrekna utgifter til større IT-utskiftingar i etaten og vedlikehald av programvara til etaten. For 2018 er det gjort framlegg om å løyve 112,3 mill. kroner under post 45.

I samband med visse kjøp og prosjekt kan det vere behov for å bestille for meir enn det som er løyvt. Difor ber departementet om ei tingingsfullmakt på 35 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak IV.

Skatteetaten samarbeider med andre offentlege institusjonar om somme IT-investeringar. Eit døme er utskriftssamarbeidet med arbeids- og velferdsetaten der denne etaten betaler ein del av utgiftene til høgvolumskrivar og konvolutteringsmaskin. Nettoføring vil her gje det beste uttrykket for dei økonomiske realitetane. Finansdepartementet ber difor om fullmakt til å nettoføre slike refusjonar som utgiftsreduksjon under kap. 1618 Skatteetaten, post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, jf. framlegg til romartalsvedtak IX.4.

Post 70 Tilskot

Posten omfattar tilskot til Senter for skatteforsking ved Noregs Handelshøgskule. For 2018 er det gjort framlegg om å løyve 3,5 mill. kroner under post 70.

Kap. 4618 Skatteetaten

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr

61 847

59 000

59 000

02

Andre refusjonar

47 148

44 170

45 100

03

Andre inntekter

35 903

36 261

37 100

05

Gebyr for utleggsforretningar

49 926

49 000

49 000

07

Gebyr for bindande førehandsfråsegner

2 354

2 400

2 400

11

Gebyr på kredittdeklarasjonar

18 640

18 745

19 100

85

Misleghaldne lån i Statens lånekasse for utdanning

243 794

240 000

240 000

86

Bøter, inndragingar m.m.

1 269 584

1 471 800

1 489 500

87

Trafikantsanksjonar

78 123

70 000

70 000

88

Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret

350 594

248 000

262 600

89

Gebyr for regelbrot

10 467

13 000

13 000

Sum kap. 4618

2 168 380

2 252 376

2 286 800

Inntektene på kap. 4618, postane 85–88, er jamt over vanskelege å budsjettere. Hovudgrunnen er at krava vert ilagde av andre. Også inntektene på nokre av dei andre postane på kapitlet vert monaleg påverka av forhold utanfor etaten.

Post 01 Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr

Posten omfattar refusjon av gebyr ved utleggsforretningar som vert utførte av dei alminnelege namsmennene, og staten sin del av dei refusjonane som skatteoppkrevjarane får inn frå debitorane, jf. kap. 1618, post 21.

Post 02 Andre refusjonar

Posten omfattar refusjonar for utgifter Skatteetaten har til tenester for oppdragsgjevarane. Det gjeld fyrst og fremst innkrevjing av misleghalden kringkastingsavgift.

Post 03 Andre inntekter

Posten omfattar mellom anna refusjonar for datatenester som er utførte for andre statlege verksemder, gebyr for folkeregisteropplysningar og nokre andre refusjonar. Inntekter frå framleige av lokale og refusjonar frå samarbeidande institusjonar ved somme IT-investeringar er det ynskjeleg å føre netto, jf. nærare omtale under høvesvis post 01 Driftsutgifter og post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald.

Post 05 Gebyr for utleggsforretningar

Posten omfattar gebyrinntekter frå utleggsforretningar som Skatteetaten utfører sjølve.

Post 07 Gebyr for bindande førehandsfråsegner

Posten omfattar inntekter frå gebyr for bindande førehandsfråsegner frå Skatteetaten.

Post 11 Gebyr på kredittdeklarasjonar

Ved innførsel er hovudregelen at toll og avgifter skal betalast ved grensepasseringa. Etter tollkredittordninga kan godkjende importørar få kreditt slik at deklarasjonar for ein kalendermånad kan samlast og betalast den 18. i månaden etter. I månader der ein importør har brukt tollkredittordninga vil han få eit gebyr på 100 kroner. Samla gebyrinntekter svarer til dei kostnadene som Skatteetaten har med tollkredittordninga.

Post 85 Misleghaldne lån i Statens lånekasse for utdanning

Posten omfattar inntekter frå innkrevjing av misleghaldne lån som er tapsførte i Statens lånekasse for utdanning.

Post 86 Bøter, inndragingar m.m.

Posten omfattar inntekter frå bøter (forenkla førelegg, vanlege førelegg og bøter som er ilagde ved dom), inndragingar og sakskostnader.

Post 87 Trafikantsanksjonar

Posten omfattar inntekter frå trafikkgebyr, parkeringsgebyr og overlastgebyr utferda av politiet og Statens vegvesen.

Post 88 Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret

Posten omfattar innbetaling av forseinkingsgebyr ilagde av Rekneskapsregisteret.

Post 89 Gebyr for regelbrot

Posten omfattar inntekter frå gebyr for regelbrot som kan ileggjast arbeidsgjevarar som ikkje kan leggje fram ei oppdatert personalliste.

Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu

For å sikre og følgje opp krav i konkursbu som ledd i det offentlege innkrevjingsarbeidet, vart det for 2017 gjeve fullmakt til å gje nye, vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnader ved vidare bubehandling for opp til 8 mill. kroner. Ved utgangen av 2016 låg det føre slike tilsegner for vel 5,6 mill. kroner. Tilsegnsfullmakta er knytt til kap. 1618 Skatteetaten, post 21 Spesielle driftsutgifter. Vidare har skatteoppkrevjarane etter § 4-6 i skatteoppkrevjarinstruksen høve til å gje tilsegn om opp til 0,5 G til dekking av utgifter til vidare bubehandling. Tilsegna kan utvidast til opp til 1 G etter godkjenning frå Skatteetaten. Når ein skatteoppkrevjar gjev tilsegna, vert utbetalinga skuldskriven skatterekneskapen. Tilsegner frå skatteoppkrevjarane er ikkje omfatta av rapporteringa her.

Vanlegvis vert det gjeve tilsegn når ein reknar med at vidare bubehandling kan tilføre eit konkursbu aktiva, men buet ikkje har evne til å bere risikoen for kostnadene. I særlege tilfelle er tilsegna grunngjeven med preventive omsyn. Det gjeld mellom anna når mistanke om økonomisk kriminalitet tilseier at konkursbuet forfølgjer tilhøvet privatrettsleg eller overfører saka til påtalemakta. Ordninga medverkar dessutan til å avsløre brot på skatte-, avgifts- og rekneskapslovgjevinga og motverkar økonomisk tapping av verksemder.

Føremålet med tilsegnsordninga er å tilføre skatte- og avgiftskreditorane verdiar som gjev betre dekking av skatte- og avgiftskrav som er melde i buet. Skatteetaten opplyser at skatte- og avgiftskreditorane får ei meirdekking i konkursbu der det er gjeve tilsegn om midlar til vidare bubehandling.

Finansdepartementet ser på tilsegnsordninga som viktig med tanke på både innkrevjing og allmennprevensjon. Ansvaret for å gje nye tilsegner er delegert til Skattedirektoratet. Departementet gjer framlegg om å vidareføre ordninga i 2018 ved å gje Skattedirektoratet fullmakt til å gje nye vilkårsbundne tilsegner om dekking av kostnader ved vidare bubehandling for opp til 8 mill. kroner innanfor ei samla fullmakt for nye og gamle tilsegner på 21,7 mill. kroner, jf. framlegg til romartalsvedtak VIII.

Tabell 5.6 Tilsegnsordninga ved oppfølging av konkursbu

(i 1 000 kr)

Tilsegner

Samla ansvar per 1. januar 2016

8 053

Nye tilsegner i 2016

1 965

Tilsegnsøkning som følgje av utbetalingar i avslutta bu

- 621

Tilsegnsreduksjonar som følgje av utbetalingar i ikkje avslutta bu

- 348

Differanse mellom tilsegner og utbetalingar i avslutta bu

- 3 431

Samla ansvar per 31. desember 2016

5 618

Fullmakt til nye tilsegner i 2017

8 000

Framlegg til fullmakt til nye tilsegner i 2018

8 000

Framlegg til samla fullmakt i 2018 for nye og gamle tilsegner

21 618

Programkategori 23.30 Offisiell statistikk

Utgifter under programkategori 23.30

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1620

Statistisk sentralbyrå

768 455

849 739

828 300

-2,5

Sum kategori 23.30

768 455

849 739

828 300

-2,5

Kap. 1620 Statistisk sentralbyrå

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

510 559

562 986

566 000

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast

231 067

242 453

247 700

45

Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

26 829

44 300

14 600

Sum kap. 1620

768 455

849 739

828 300

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for å dekkje behovet for offisiell statistikk om det norske samfunnet. Offisiell statistikk gjev viktig kunnskap om korleis samfunnet er bygd opp, korleis det verkar og korleis det utviklar seg. Offisiell statistikk er eit felles gode, og statistikkar og analysar skal kome heile samfunnet til gode. Den er òg eit viktig grunnlag for planlegging og styring. SSB har dessutan ei omfattande forskingsverksemd.

Oppgåvene til SSB er regulerte i statistikklova. SSB skal:

  • Kartleggje og prioritere behov for offisiell statistikk

  • Samordne omfattande statistikk som vert utarbeidd av forvaltningsorgan

  • Utvikle statistiske metodar og nytte statistikken til analyse og forsking

  • Gje opplysningar til statistisk bruk for forskingsføremål og for offentleg planlegging

  • Ha hovudansvaret for internasjonalt statistisk samarbeid

Statistikklova slår fast at SSB er ein fagleg uavhengig institusjon som administrativt er underlagd Finansdepartementet. Slikt sjølvstende i høve til styresmakter og interessegrupper er avgjerande for den tillita og autoriteten offisiell statistikk må ha. Høg kvalitet i statistikken er ein berebjelke i omdømet til SSB og er saman med datatryggleik og personvern ein avgjerande føresetnad for tillit hos oppgåvegjevarar og intervjuobjekt. Desse omsyna ligg òg til grunn for det offentlege utvalet som vart utnemnt i 2016 for å vurdere endringar i statistikklova. Utvalet skal levere si utgreiing i desember 2017.

Noreg deltar i internasjonalt statistisk samarbeid som er med på å heve kvaliteten på norsk statistikk og gjer han lettare å samanlikne med internasjonal statistikk. Samstundes legg det føringar på statistikkproduksjonen. Den oppdaterte europeiske statistikklova, som inneheld retningsliner for å utvikle, produsere og formidle europeisk statistikk, vil verte gjord gjeldande i norsk rett. Saman med Dei Sameinte Nasjonane (SN) sine grunnleggjande prinsipp for offisiell statistikk, utgjer desse retningslinene eit internasjonalt rammeverk for verksemda til SSB.

SSB prioriterer arbeid som gjev meir effektiv drift av verksemda og betre statistikk. Frå 2011 til 2016 har talet på årsverk gått ned med nærare 100, eller 10 pst. Samstundes har SSB oppretthalde produksjonen på om lag same nivå som åra før.

Ved utgangen av 2016 hadde verksemda ein arbeidsstokk tilsvarande 848 årsverk. I tillegg utgjorde intervjuarar 52 årsverk. Om lag 62 pst. av dei tilsette i 2016 arbeidde i Oslo og 38 pst. på Kongsvinger.

Med heimel i statistikklova peiker Finansdepartementet ut representantar til styret for SSB for periodar av fire år. Styret fører tilsyn med utviklinga i offisiell statistikk og med verksemda til SSB. Styret behandlar og godkjenner strategiar, årsrapportering og budsjettframlegg etter framlegg frå administrerande direktør. Styret ser òg til at verksemda har tilfredsstillande internkontroll.

Statistikkrådet er eit rådgjevande organ for SSB og andre registereigarar og produsentar av offisiell statistikk i Noreg. Rådet medverkar til samordning av produksjon og formidling av offisiell statistikk. Administrerande direktør i SSB leiar Statistikkrådet.

SSB har òg rådgjevande utval for ulike statistikkområde og kjem der i dialog med viktige brukarar av statistikken.

Rapport 2016

Nedanfor følgjer ein omtale av resultata for sentrale resultatindikatorar for statistikkproduksjonen i 2016. For 2017 er måla i hovudsak enten vidareførte eller styrkte.

Aktualitet

Som mål på aktualitet i statistikken nyttar ein talet på veker frå referanseperioden går ut til statistikken vert publisert. Den gjennomsnittlege produksjonstida for statistikkane vart betra frå 2015 til 2016. SSB nådde måla som vart sette for aktualitet på månadsstatistikk og kvartalsstatistikk. For årsstatistikkene var det eit mindre avvik.

Tabell 5.7 Aktualiteten til statistikken – talet på veker frå utgangen av referanseperioden til publisering

2012

2013

2014

2015

2016

Månadsstatistikk

4,3

4,4

3,9

3,5

3,5

Kvartalsstatistikk

9,0

9,0

8,8

8,1

7,7

Årsstatistikk

35,4

34,0

35,5

33,4

33,2

Punktleg publisering av statistikk

SSB annonserar tidspunkta for publisering i ein publiseringskalender på nettsida ssb.no. I 2016 vart 97 pst. av statistikkane publiserte på det varsla tidspunktet. Verksemda nådde dermed målet departementet hadde sett for denne indikatoren.

Tabell 5.8 Publisering av statistikk. Avvik i pst. frå varsla tidspunkt1

2012

2013

2014

2015

2016

Avvik frå varsla tidspunkt

13

11

13

9

9

1 Frå 2016 vart punktleg publisering rekna frå varsla tidpunkt tre månader før dato. Endringar som kjem føre tre månader vert ikkje lengre rekna som eit avvik.

Svarrespons

For at statistikken skal halde høg kvalitet, er det viktig at ein så stor del av intervjuobjekta som mogleg tek del i undersøkingane. Statistikklova gjev SSB heimel til å bruke oppgåveplikt ved innsamling av data og eventuelt tvangsmulkt ved manglande levering.

Tabell 5.9 Svarrespons i undersøkingar frå SSB. Prosent

Undersøkingar:

2012

2013

2014

2015

2016

Med oppgåveplikt

94

94

94

95

94

Friviljuge

63

61

64

66

65

Oppgåvebør

Det er eit viktig mål for regjeringa å redusere oppgåvebøra. Tilrettelegging for elektronisk rapportering er eit viktig verktøy for å halde denne børa nede. 93 pst av rapporteringa til SSB skjedde elektronisk i 2016. Om lag eit av ti av føretaka i privat sektor rapporterer til SSB i ei eller fleire undersøkingar. Som det går fram av tabell 5.10 har oppgåvebøra for desse fortsett å minke, sjølv om større, periodevise undersøkingar kan gje svingingar frå eit år til det neste.

Det er òg eit viktig prinsipp å belaste dei minste føretaka mindre enn dei store. Av føretak i privat sektor med færre enn ti tilsette, fekk berre 9 pst. skjema frå SSB i 2016. Av føretak med fleire enn femti tilsette fekk 90 pst skjema.

Tabell 5.10 Oppgåvebør ved rapportering til SSB. Årsverk

2012

2013

2014

2015

2016

Næringslivet i alt

79

85

82

74

61

Personar og offentlege institusjonar

44

23

23

15

20

Statistikkpubliseringar

I 2016 vart det publisert 874 statistikkar frå SSB. Det har vore ein nedgang dei siste åra, sjå tabell 5.11. Det kjem i hovudsak av at ein har slått saman statistikkar for å gje meir heilskaplege bilete av tema. I tillegg er nokre variantar av statistikkar kutta, og einskilde statistikkar har vorte utsette.

Tabell 5.11 Statistikkpubliseringar

2012

2013

2014

2015

2016

Frigjevne statistikkar

967

977

957

931

874

Sentrale prioriteringar i 2018

SSB arbeidar systematisk med å utvikle og betre sitt samla statistikkprodukt. Det vert lagt vekt på å utvikle statistikk for prioriterte område som er dårleg dekte. Samstundes skal kvaliteten på statistikken haldast oppe eller styrkast og aktualiteten skal betrast. Det er òg eit mål å halde den samla oppgåvebøra for næringslivet låg.

Modernisering av produksjonsprosessane

Teknologiske endringar gjev tilgang på meir data, nye kjelder og endringar i brukarbehova. Det har òg ført til ein auke i etterspurnaden etter statistikk og analysar frå SSB. På mange område må statistikken produserast i samsvar med internasjonale krav og retningsliner. Samstundes skal oppgåvebøra for personar og føretak vere låg. Bruk av offentlege register og elektronisk rapportering er viktig for å nå desse måla. Det kan òg medverke til å effektivisere drifta.

For å møte auka krav frå brukarane, samstundes som det vert sett krav til å effektivisere verksemda vidare, må SSB modernisere statistikkproduksjonen. SSB har i 2017 starta arbeidet med eit moderniseringsprogram. I fyrste omgang vil arbeidet vere knytt til å etablere ein moderne IT-plattform, gje ny datalagring og fellesløysingar for datafangst og førebu prosessforbetringar i statistikkavdelingane.

Gevinstane frå prosjektet vil vere moderate i 2018, men etter kvart vil programmet gje betre høve til å lage statistikk og analysar. Rutineprosessar som i dag krev mykje arbeidsinnsats, vil i større grad verte erstatta gjennom å standardisere og automatisere produksjonsprosessane, samstundes som det vert lagt til rette for å nytte fleire, nye datakjelder. I tillegg vil auka bruk av nye datakjelder gje lågare oppgåvebør.

Moderniseringsprogrammet vil vere ressurskrevjande. Store deler av dei investeringane som normalt er retta inn mot å betre kvaliteten i statistikkproduksjonen, vil i denne perioden verte nytta til å finansiere moderniseringa. Det inneber auka risiko for leveringa av statistikk og analysar i denne perioden. Det vil verte lagt vekt på dempe eventuelle negative utslag.

SSB er òg i ferd med å sluttføre eit prosjekt for å modernisere KOSTRA (informasjonssystemet Kommune-Stat-Rapportering). Ei ny formidlingsløysing skal vere på plass til dei mellombelse KOSTRA-tala vert publisert i mars 2018.

Utvikle kompetanse for framtidas SSB

Tilsette med rett kompetanse er avgjerande for at SSB skal levere gode resultat. Behovet for kompetanse endrar seg i takt med den teknologiske utviklinga og etterspurnaden etter ny statistikk.

Dei komande 5–10 åra vil nærare ein tredel av dei tilsette i SSB gå av med pensjon, og det er naudsynt at SSB rekrutterer rett kompetanse til framtidige behov. Moderniseringa av SSBs produksjonssystem vil gje auka behov for tilsette med kompetanse innan prosjekt- og programstyring, IT og statistisk metode. SSB vil gjennomføre fleire program for å auke dei tilsette si evne til å handtere endring, meistre nye oppgåver og nye prosessar etter kvart som fleire av prosessane vert automatiserte.

Ei større omlegging av statistikkavdelingane vart gjort gjeldande frå 2017. I 2017 vert òg endringar i Forskingsavdelinga og i arbeidsdelinga mellom Oslo og Kongsvinger vurderte i eigne prosessar. Eventuelle endringar vil gjelde frå 2018. Det er eit mål å auke kvaliteten og effektiviteten i verksemda og å vidareutvikle sterke fagmiljø.

Den relative fordelinga av tilsette mellom Kongsvinger og Oslo har halde seg stabil sidan slutten av 1990-talet, og det er heller ikkje venta særlege endringar i fordelinga mellom desse kontora som følgje av dei pågåande organisasjonsendringane.

Samverke med omverda

Vidare utvikling av SSB må skje i dialog med brukarar, registereigarar og andre dataforvaltarar. Eit nærare samarbeid kan redusere oppgåvebøra for næringslivet og andre ytterlegare, gje registerdata med betre kvalitet og sikre tilgang til nye datakjelder. Det vil òg bidra til at SSB fangar opp brukarbehov tidlegare. SSB skal òg fortsette arbeidet med å betre tenesta for utlån av mikrodata, mellom anna ved å etablere nye tekniske løysingar for datatilgang.

Tema og forteljingar

Som ein viktig premissgjevar i det offentlege ordskiftet skal SSB vere til stades i offentlegheita og bidra med statistikk og analysar av aktuelle saker og om heile samfunnet. Utviklinga gjev stadig fleire og nye datakjelder. Det set krav til at SSB fangar opp og utviklar relevante statistikkområde og måten dei kan formidlast på, innafor dei midlar verksemda disponerer.

Nyheiter frå Statistisk sentralbyrå

Offisiell statistikk skal vere til allmenn nytte, og media er ein viktig vidareformidlar av statistikk frå SSB. Media er i sterk endring. SSB må nytte nye formidlingskanalar og tilpasse publiseringane til nye medieforhold. Samstundes opnar utviklinga for nye former for kontakt med publikum.

SSB har i 2017 førebudd ei særskild satsing for å vere meir synleg i skulen.

Produsere meir relevant og etterspurd næringsstatistikk

Næringsstatistikken må tilpassast nye næringsstrukturar, endra brukarbehov og nye internasjonale retningsliner. Det vil verte lagt vekt på å framstille næringsstatistikken på ein meir samanhengande måte for brukarane enn no. SSB vil tilby meir analyse og relevant statistikk for tenestenæringane. SSB får viktige innspel mellom anna gjennom dei rådgjevande utvala og gjennom brukarseminar. Verksemda vil starte arbeidet med å kartleggje data for nye måtar å jobbe på, mellom anna delingsøkonomi.

SSB må førebu seg på å innarbeide den komande rammeverksforordninga for næringsstatistikk i Europa i 2020. Forordninga gjer føringar om strukturstatistikk for fleire næringar, mellom anna undervisning, helse- og sosialtenester, kulturell verksemd, underhaldning og fritidsaktivitetar, finanstenester og anna tenesteyting.

Forbruksundersøkinga

Forbruksundersøkinga er ein sentral statistikk der resultata mellom anna vert nytta i økonomiske analysar og i analysar av levekår, både av SSB og av eksterne brukarar. Den siste forbruksundersøkinga er frå 2012. I 2017 fekk verksemda særskilte midlar til ny forbruksundersøking. I 2018 vil SSB arbeide vidare med å førebu ei forenkla undersøking der ein kan bruke data frå elektroniske transaksjonar til å supplere deler av datainnsamlinga. Det vil redusere kostnadane og oppgåvebøra og samstundes auke kvaliteten. Det er ei rekkje metodiske, tekniske og juridiske utfordringar som må løysast for å kunne hente inn desse gevinstane.

Forsking og analyse

SSB har vedteke nye prinsipp for forskingsverksemda. Forskingsverksemda skal haldast på et høgt internasjonalt nivå og vere langsiktig. Den skal vere empirisk basert og i all hovudsak ta utgangspunkt i SSBs eigne data. Forskinga skal understøtte analyse- og statistikkproduksjonen. Det er med på å betre kvaliteten, bidra til å kunne prioritere og utvikle ny statistikk og til å stille saman statistikk og analysar for å skape ei god forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga.

Internasjonalt samarbeid

Det internasjonale samarbeidet på statistikkområdet inneber at det vert sett særskilde krav til innhald, omfang og kvalitet i statistikkane. I stor grad samsvarer slike internasjonale krav med SSBs eigne prioriteringar.

Den europeiske statistikklova frå 2009 gjev rammeverket for produksjon i det europeiske statistiske systemet (ESS). Noreg deltek i ESS gjennom EØS-avtala. Den europeiske statistikklova vart revidert i 2015, og mellom anna vart uavhengigheita til dei nasjonale statistikkbyråa styrkt. Utvalet Regjeringa sette ned i 2016 skal mellom anna å vurdere kva for endringar det er behov for i det norske statistikkregelverket som følgje av endringar i det europeiske statistikkregelverket.

Relevante statistikkrettsakter som er vedtekne av EU, vert tekne inn i vedlegg XXI om statistikk i EØS-avtalen og deretter innarbeidde i norsk rett. 11 nye rettsakter vart innarbeidde i 2016, nokre færre enn i dei føregåande åra.

Innafor SN-samarbeidet vil særleg arbeidet med indikatorar for berekraft og statistikk om flyktningar verte viktig i 2018. SSB skal leie ei ekspertgruppe saman med SNs høgkommissær for flyktningar.

SSB skal etablere nye langsiktige landsamarbeid som støtter opp om SNs berekraftsmål i Agenda 2030 og samstundes støttar utvikling av gode nasjonale statistikksystem.

Budsjett for 2018

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar utgifter til løn, opplæring, leige og drift av kontorlokale, reiser, kontorutstyr o.a. Departementet foreslår å auke løyvinga med vel 3 mill. kroner frå 2017. Dette inneber at det for 2018 er sett krav til ytterlegare effektivisering og innsparing i verksemda.

For 2018 gjer departementet framlegg om ei løyving på 566 mill. kroner under post 01.

Arbeidet med modellar vert dels finansiert med løyvinga på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 01 Driftsutgifter, og dels gjennom kontraktar med mellom anna Finansdepartementet, på kap. 4620 Statistisk sentralbyrå, post 02 Oppdragsinntekter. Finansdepartementet er i samarbeid med SSB i ferd med å gå gjennom modellavtalane sine. Gjennomgangen kan òg føre til ei mogleg omdisponering av midlar mellom dei nemnde budsjettpostane. Ein vil i så tilfelle kome tilbake til Stortinget med dette.

Arbeidet med konjunkturanalysar, utvikling og vedlikehald av økonomiske og demografiske modellar og oppgåver for forvaltinga og Stortinget vil verte vidareført.

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Spesielle driftsutgifter er knytte til brukarfinansierte oppdrag. For 2018 gjer departementet framlegg om ei løyving på 247,7 mill. kroner som reelt er om lag som for 2017.

Ved brukarfinansierte oppdrag vert utgiftene posterte på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 21 Spesielle driftsutgifter. Inntekta frå slike oppdrag skal dekkje utgiftene og vert postert på kap. 4620 Statistisk sentralbyrå, post 02 Oppdragsinntekter.

SSB kan overskride løyvinga til oppdragsverksemda på kap. 1620, post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp som svarer til meirinntektene på kap. 4620, post 02 Oppdragsinntekter. Eventuelle unytta meirinntekter kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på post 21, jf. framlegg til romartalsvedtak II.2.

Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast

Det meste av løyvinga skal brukast til utvikling av systema for statistikkproduksjon, datatryggleik og SSBs teknologiske plattform elles. Etter forslaget vil løyvinga verte klårt lågare enn for 2017 sidan det då særskilt vart lagt inn 30 mill. kroner til fornying av KOSTRA-systemet.

Kap. 4620 Statistisk sentralbyrå

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

02

Oppdragsinntekter

229 576

226 943

251 400

85

Tvangsmulkt

22 507

17 900

20 000

Sum kap. 4620

252 083

244 843

271 400

Post 02 Oppdragsinntekter

Sjå omtale under kap. 1620, post 21. Frå 2018 av skal òg premiebetaling til Statens pensjonskasse reknast med ved prisinga av oppdrag. Avtalebindingar og moglege verknader på etterspurnaden gjer at inntektene er noko meir usikre enn elles.

Oppdragsinntektene er førte opp med 3,7 mill. kroner meir enn utgiftene på kap. 1620, post 21. Inntektene skal overstige utgiftene med meirverdiavgift i samband med brukarfinansierte oppdrag, og som vert å belaste kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift. For 2018 reknar ein her med ei utgift på om lag 8,8 mill. kroner. Til frådrag kjem førebels rekna verknad av avtalebindingar.

Post 85 Tvangsmulkt

SSB har med heimel i statistikklova høve til å ileggje tvangsmulkt. Mellom anna inntektsutviklinga dei seinare år ligg til grunn for budsjettauken frå 2017 til 2018.

Programkategori 23.40 Andre føremål

Utgifter under programkategori 23.40, fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1632

Kompensasjon for meirverdiavgift

23 334 313

23 180 000

25 810 000

11,3

1633

Nettoordning, statleg betalt meir- verdiavgift

5 923 437

5 683 531

6 300 000

10,8

Sum kategori 23.40

29 257 750

28 863 531

32 110 000

11,2

Kap. 1632 Kompensasjon for meirverdiavgift

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

61

Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving

21 347 803

21 200 000

23 650 000

72

Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving

1 986 510

1 980 000

2 160 000

Sum kap. 1632

23 334 313

23 180 000

25 810 000

Post 61 Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving

Med verknad frå 1. januar 2004 vart det innført ei allmenn ordning der kommunar og fylkeskommunar vert kompenserte for meirverdiavgift på kjøp av varer og tenester. Føremålet med ordninga er at meirverdiavgifta i minst mogleg mon skal påverke avgjerdene som kommunane tek om anten å produsera avgiftspliktige tenester med eigne tilsette eller å kjøpe dei frå private. Ordninga vart finansiert med ein reduksjon i dei frie inntektene til kommunane. Den allmenne kompensasjonsordninga kom i staden for ei avgrensa kompensasjonsordning som vart innført i 1995.

I saldert budsjett for 2017 vart det lagt til grunn ei utgift på 21 200 mill. kroner i momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar. Løyvinga i 2017 vart auka med 1 000 mill. kroner til 22 200 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett.

Samla momskompensasjon til kommunar og fylkeskommunar i 2018 er talfesta til 23 650 mill. kroner.

Kommunane sender inn oppgåver over meirverdiavgiftskompensasjon til avgiftsstyresmaktene annankvar månad slik som i det ordinære meirverdiavgiftssystemet, men det er òg mogleg å levere årsoppgåver. Utbetalingane skjer etter kvart og innan tre veker etter innsending. Dokumentasjonskrava i samband med innsending av kompensasjonskrav er forenkla ved at krava berre skal ha stadfesting frå revisor. Kompensasjonskrav frå private tenesteprodusentar kan sendast direkte til avgiftsstyresmaktene. Det er ei minstegrense på 20 000 kroner for kompensasjonsbeløp per år for at verksemder skal kome inn under ordninga. Ordninga gjeld nokre private og ideelle verksemder òg. Det er ein eigen tilskotspost for desse, jf. post 72.

Post 72 Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving

For ikkje å medverke til konkurransevriding mellom kommunal og privat produksjon av sentrale velferdstenester er private og ideelle verksemder òg omfatta av ordninga. Det gjeld private og ideelle verksemder som utfører slike sosiale tenester og helse- og undervisningstenester som kommunane ved lov er pålagde å utføre. Det er på desse områda ein reknar med at kompensasjonsordninga i størst mon vil kunne gje kommunane ein konkurranseføremon framfor private verksemder utan avgiftsplikt. Dei private og ideelle verksemdene som er omfatta av ordninga, skal sende krav etter dei same kriteria som kommunane.

I saldert budsjett for 2017 vart det lagt til grunn ei utgift på 1 980 mill. kroner på denne posten. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2 160 mill. kroner under denne posten for 2018.

Kap. 1633 Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter, overslagsløyving

5 923 437

5 683 531

6 300 000

Sum kap. 1633

5 923 437

5 683 531

6 300 000

Post 01 Driftsutgifter, overslagsløyving

Med verknad frå 1. januar 2015 vart det innført ei ordning med nettoføring av meirverdiavgift i ordinære statlege forvaltningsorgan. Nettoføringsordninga inneber at forvaltningsorgana som er inkluderte i ordninga, ikkje vert belasta meirverdiavgift for utgifter på postane 01–49 i budsjetta og rekneskapane sine, men fører utgiftene til meirverdiavgift på eit sentralt kapittel for meirverdiavgift under Finansdepartementet (kap. 1633, post 01). Det vil vere uvisse om løyvingsbehovet til ordninga også i 2018. Regjeringa foreslår ei løyving på 6 300 mill. kroner.

Programområde 24 Statleg gjeld og krav, renter og avdrag m.m.

Programkategori 24.10 Statsgjeld, renter og avdrag m.m.

Utgifter under programkategori 24.10, fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1650

Statsgjeld, renter m.m.

10 862 622

11 661 772

8 915 500

-23,5

1651

Statsgjeld, avdrag og innløysing

14 778 000

63 207 000

-100,0

Sum kategori 24.10

25 640 622

74 868 772

8 915 500

-88,1

Det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet, slik det er berekna ved nysalderinga av budsjettet, vert finansiert med overføring frå Statens pensjonsfond utland. Finansieringsbehovet i statsbudsjettet, m.a. avdrag på statsgjelda, netto utlån og kapitalinnskot til statsbankane, vert dekt med låneopptak i marknaden og/eller ved trekk på staten si kontantbehaldning.

Det er lagt opp til at finansieringsbehovet til staten skal dekkjast ved å ta opp nye langsiktige lån innanlands. Av omsyn til statspapirmarknaden vert det vanlegvis lagt opp til å glatte ut den langsiktige opplåninga over fleire år. Den kortsiktige opplåninga er mellom anna for å fange opp behovet i marknaden for kortsiktige papir. Finansdepartementets fullmakt til å låne i marknaden vart fram til 2015 fastsett av Stortinget på grunnlag av ein årleg stortingsproposisjon om lånefullmakter. For 2018 ber Finansdepartementet om fullmakter for statleg opplåning i Prop. 1 S (2017–2018) Statsbudsjettet for budsjettåret 2018 (Gul bok).

Tabell 5.12 syner den innanlandske statsgjelda per 31. desember 2016, medrekna kontolån frå ordinære fond i statskassa.

Tabell 5.12 Innanlandsk statsgjeld per 31. desember 2016

Type lån

Beløp (mill. kr)

Faste innanlandske lån

382 959

Statskassevekslar

76 000

Kortsiktige kontolån

56 658

Kontolån frå ordinære fond1

207 617

Sum

723 234

Kap. 1650 Statsgjeld, renter m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

01

Driftsutgifter

37 383

42 472

43 100

88

Renter og provisjon m.m. på utanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

-101

89

Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

10 825 340

11 619 300

8 872 400

Sum kap. 1650

10 862 622

11 661 772

8 915 500

Post 01 Driftsutgifter

Posten omfattar driftsutgifter som staten har i samband med gjelds- og likviditetsforvalting. Det gjeld m.a. utgifter til informasjons- og analysesystem, utgifter som Noregs Bank og verdipapirsentralen (VPS) har i samband med behandlinga av staten sine lån, og utgifter knytte til ratingbyråa si vurdering av Noreg. Posten dekkjer òg betaling til Noregs Bank for dei tenestene som banken yter Finansdepartementet i forvaltinga av gjelda og likviditeten til staten, og drift og forvalting av statens kontoar i Noregs Bank.

Frå 2015 har Noregs Bank fått utvida operative oppgåver i samband med forvaltinga av statsgjelda. Banken har no fullmakt til å ta opp lån og inngå derivatkontraktar på vegner av staten, innanfor rammer gjeve av Finansdepartementet.

Post 89 Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

(mill. kr)

Underpost

Underpostnamn

Rekneskap

20161

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

89.11

Faste lån

9 347

8 878

7 652

89.12

Gjenkjøps- og rentebyteavtalar

-3 275

-2 915

-1 946

89.13

Kontolån

68

150

69

89.14

Kontolån frå ordinære fond

4 014

4 094

2 167

89.15

Statskassevekslar

672

506

300

89.17

Nye faste lån

907

631

Sum kap. 1650, post 89

10 825

11 620

8 872

1 I rekneskapen vert faste lån og nye faste lån ført samla.

Til grunn for overslaget for renteutgiftene under kap. 1650, post 89, ligg dels eksisterande lån og dels overslag over behovet for låneopptak i 2017. Renteutgiftene vert påverka av omfanget av ny opplåning, førtidig innfriing og endringar i statens portefølje av rentebyteavtalar. Renteutgiftene vert òg påverka av utviklinga i marknadsrentene. Overslaget over renteutgifter er usikkert.

Underpost 89.11 Faste lån

Under denne posten vert det budsjettert renteutgifter på obligasjonslån som er tekne opp før 1. januar 2017. Ved opptak av statsobligasjonslån kan det på grunn av skilnad mellom kupongrenta på det aktuelle lånet og marknadsrenta på lånetidspunktet, oppstå ein over- eller underkurs. For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege finansieringskostnadene for staten, vert ein slik over- eller underkurs ikkje inntekts- eller utgiftsført på lånetidspunktet, men avrekna mot ein balansekonto i statsrekneskapen (gruppe 77) og inntekts- eller utgiftsført på post 89.11 over den løpetida som står att for lånet. Renteutgiftene på faste lån i 2018 kjem dermed fram som kupongrenta, justert for den delen av over- eller underkursen som vert inntekts- eller utgiftsført i 2018.

Renteutgiftene på faste lån er anslått til 7 652 mill. kroner i 2018.

Underpost 89.12 Gjenkjøps- og rentebyteavtalar

Posten omfattar dels renteutgifter i samband med utlån av statspapir til primærmeklarane (gjenkjøpsavtalar). Staten betaler rente på kontantinnskotet som primærmeklarane stiller som sikkerheit i utlånsperioden. I tillegg vert nettoeffekten på renteutgiftene frå rentebyteavtalar i norske kroner ført på denne posten. Staten har for tida ei netto inntekt frå desse avtalane. Staten mottek ei fast langsiktig rente og betaler ei kortsiktig pengemarknadsrente i rentebyteavtalane. Ettersom ein ventar framleis låge pengemarknadsrenter, reknar ein med ei nettoinntekt på denne posten på 1 946 mill. kroner i 2018.

Underpost 89.13 Kontolån

Statsinstitusjonar og statlege fond skal etter avtale plassere ledige midlar som innskot (kontolån) i statskassa. For dei fleste av desse innskota betaler staten rente. Kontolånsplasseringar som kjem frå overskotslikviditet i samband med skatte- og avgiftsbetalingar, vert ikkje forrenta. Renteutgiftene på kontolån er anslått til 69 mill. kroner i 2018.

Underpost 89.14 Kontolån frå ordinære fond

Inneståande kontolån frå ordinære fond (gruppe 81 i Statsrekneskapen) var ved utgangen av 2016 på 207,6 mrd. kroner (medrekna kapitaliserte renter). For 2018 vert rentene på kontolån frå ordinære fond anslått til 2 167 mill. kroner.

Underpost 89.15 Statskassevekslar

Den ordinære kortsiktige opplåninga i marknaden skjer gjennom auksjon av statskassevekslar. Dette er renteberande papir utan kupongrente, der rentekostnaden følgjer av underkursen som papira vert lagde ut til. Den effektive renta på statskassevekslane er såleis avhengig av kursen som staten oppnår i auksjonane.

Dei samla renteutgiftene til staten under denne posten er anslått til 300 mill. kroner i 2018.

Underpost 89.17 Nye faste lån

Underposten omfattar renteutgifter på innanlandske obligasjonslån med faste rente- og avdragsterminar tekne opp etter 1. januar 2017. Over- eller underkurs er budsjettert som omtalt under post 89.11. For 2018 er renteutgiftene på nye faste lån anslått til 631 mill. kroner.

Kap. 1651 Statsgjeld, avdrag og innløysing

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

98

Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

14 778 000

63 207 000

Sum kap. 1651

14 778 000

63 207 000

Post 98 Avdrag på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving

Posten omfattar avdrag på langsiktige statsobligasjonslån. I 2018 er det ikkje forfall av langsiktige statsobligasjonslån. Noregs Bank vil venteleg arrangere tilbakekjøpsauksjonar i marknaden på fastsette datoar. Det kjøpte beløpet vert då å rekne som avdrag. Det er ikkje mogleg å gje gode overslag for omfanget av tilbakekjøp, og slike er difor ikkje teke med i budsjettforslaget. Det er heller ikkje ynskjeleg å gå ut med overslag her, sidan dette kan gje staten mindre handlefridom i marknaden.

Programkategori 24.20 Statlege krav, avsetningar m.m.

Utgifter under programkategori 24.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

Pst. endr. 17/18

1670

Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken

20 000

139 800

10 000

-92,8

Sum kategori 24.20

20 000

139 800

10 000

-92,8

Kap. 1670 Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

50

Tapsfond for miljølåneordninga

20 000

20 000

10 000

90

Innbetalt grunnkapital

119 800

Sum kap. 1670

20 000

139 800

10 000

Den nordiske investeringsbanken (NIB)

Den nordiske investeringsbanken (NIB) vart skipa i 1975 etter avtale mellom regjeringane i dei nordiske landa. Avtalen er seinare revidert etter semje 23. oktober 1998. Frå 1. januar 2005 vart Estland, Latvia og Litauen medlemmer av banken. NIB har hovudkontor i Helsingfors i Finland.

Nærare om låne- og garantiordningane i NIB

Hovudtyngda av verksemda til banken er vanlege investeringsutlån og garantiar. Dei vanlege utlåna vert finansierte med grunnkapitalen til banken. Utanom vanlege utlån og garantiar yter banken lån til prosjektinvesteringar utanfor Norden (PIL) og miljølån til prosjekt i nærområda til medlemslanda (MIL).

Bankens årsmøte i 2016 vedtok å justere medlemslanda sine delar av innbetalt kapital og garantikapital slik at dei vert like, samt å justere medlemslanda sine delar av garantiansvaret for PIL og MIL slik at dei speglar fordelinga av grunnkapitalen. Føremålet med endringane er å få betre samsvar mellom eigarane sine rettar og plikter. Blant anna vil Noregs del av utbyte frå NIB verte betre i tråd med det samla ansvaret Noreg har tatt på seg. Noreg stemte for vedtaket med atterhald om Stortingets samtykke. Stortinget godkjente vedtaket i samband med statsbudsjettet for 2017. Endringane vart fullførte tidleg i 2017.

Grunnkapitalen

Grunnkapitalen er dels innbetalt kapital og dels garantikapital frå medlemslanda. Den norske kapitalen utgjer 21,5 prosent av den samla kapitalen i NIB. Etter justeringane i 2017 er Noregs innbetalte kapital 90 019 510 euro, medan garantikapitalen er 1 230 785 695 euro.

I tråd med dette tilrår departementet at Stortinget gjev Finansdepartementet fullmakt til å gje garantiar i 2018 for Noregs del av grunnkapitalen til NIB, fråtrekt innbetalt kapital, innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 1 230 785 695 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.1.

Prosjektinvesteringslån (PIL)

Gjennom PIL gjev banken lån til finansiering av prosjekt i land utanfor Norden og Baltikum med relativt god betalingsevne. NIB rapporterer jamleg om engasjementa under PIL.

Utlånsramma for prosjektlåneordninga (PIL) er 4 000 mill. euro. Garantiansvaret til medlemslanda er avgrensa til 90 pst. av kredittrisikoen ved kvart lån innanfor eit samla beløp på 1 800 mill. euro. Styret i NIB har vedteke at banken skal dekkje eventuelle tap under PIL opp til ein viss sum som er avsett i eit eige fond. Fondet er bygt opp gradvis. I tillegg har Noreg sett av 16 mill. kroner til tapsfond for PIL.

Vedtaket om å justere fordelinga av garantiansvaret i PIL inneber for Noreg at ansvaret vert auka til om lag 387,1 mill. euro. På denne bakgrunn tilrår Finansdepartementet at Stortinget for 2018 gjev departementet fullmakt til å gje garantiar for lån frå NIB i samband med PIL innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 387 086 761 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.2.

Miljølåneordninga (MIL)

Gjennom MIL gjev NIB lån til miljøprosjekt i nærområda i Aust-Europa. Føremålet er å minke miljøbøra som nærområda skaper for medlemslanda. Ordninga vert garantert 100 pst. av medlemslanda. I åra 1998 til 2004 vart det løyvt til saman 45 mill. kroner til eit tapsfond for denne låneordninga.

Vedtaket på årsmøte i NIB i 2016 om å endre fordelinga av garantiansvaret for MIL inneber for Noreg at ansvaret vert på 57 243 888 euro. Finansdepartementet tilrår på denne bakgrunn at Stortinget gjev departementet fullmakt til å gje garantiar i 2018 for lån frå NIB under MIL innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 57 243 888 euro, jf. framlegg til romartalsvedtak VI.3.

På grunn av innløysinga av garantiansvar under ordninga i 2014–2016 vart det på kap. 1670 Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken, post 50 Tapsfond for miljølåneordninga, løyvd 20 mill. kroner til tapsfondet i 2015, 2016 og 2017. Finansdepartementet tek sikte på å auke tapsfondet slik at det igjen kjem opp til omkring 10 pst. av Noregs garantiansvar. For 2018 tilrår departementet ei løyving på 10 mill. kroner til tapsfondet.

Den nordiske investeringsbanken er eit sams nordisk-baltisk tiltak. Reglar for økonomiforvaltninga i den norske statsforvaltninga kan difor ikkje utan vidare gjerast gjeldande. Forvaltinga av Noreg sine garantiskyldnader under PIL-ordninga og MIL-ordninga oppfyller ikkje føresegnene i økonomireglementet om forvalting av statlege garantiar. Dette gjeld reglane om at garantiordninga skal vera sjølvfinansierande og at staten skal stille som enkel kausjonist, og dessutan krava om lineær nedtrapping av garantiansvaret, pro rata risikofordeling og valutaslag.

I tabell 5.13 er det gjeve ei samla oversikt over garantiordningane for Den nordiske investeringsbanken.

Tabell 5.13 Garantiordningar for Den nordiske investeringsbanken

(i 1 000 kr)

Utbetalt

pga. tap

i 2016

Samla garantiansvar 31.12.20161

Samla fullmakt i 2017 for nye og gamle garantiar2

Samla fullmakt i 2018 for nye og gamle garantiar2

1. Grunnkapital fråtrekt innbetalt kapital

-

11 300 265

11 801 709

11 679 541

2. Prosjektinvesteringslån

-

2 992 200

3 673 260

3 673 260

3. Miljølån

27 618

494 416

546 628

543 216

Sum garantiar under Finansdepartementet

27 618

14 786 881

16 021 597

15 896 017

1 Omrekna frå euro 30. desember 2016 (kurs 9,0863)

2 Omrekna frå euro 1. juni 2017 (kurs 9,4895)

Kap. 5341 Avdrag på uteståande fordringar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

91

Vanlege fordringar

34

95

Avdrag på lån til andre statar

370

300

500

98

Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar

8 000 000

Sum kap. 5341

404

8 000 300

500

Post 91 Vanlege fordringar

På denne posten vert det ført eventuelle avdrag på lån, m.a. til næringsverksemd.

Post 95 Avdrag på lån til andre statar

Posten gjeld avdrag på eit lån som vart gjeve til Jugoslavia i 1983. Den delen av lånet som står att, vert no betalt av Serbia og Montenegro. Sjå nærare omtale i Prop. 1 S (2015–2016) frå Finansdepartementet.

Post 98 Avdrag på eigenbehaldning statsobligasjonar

Posten omfattar avdrag som staten får innbetalt på eigenbehaldning av statsobligasjonar som vert nytta til marknadspleie. I 2018 er det ikkje forfall av langsiktige statsobligasjonslån.

Kap. 5351 Overføring frå Noregs Bank

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

85

Overføring

26 588 794

17 700 000

14 500 000

Sum kap. 5351

26 588 794

17 700 000

14 500 000

Etter retningslinene for Noregs Banks årsoppgjersdisposisjonar, fastsette ved kgl. res. 21. desember 2000, skal eit eventuelt overskot setjast av til bankens kursreguleringsfond inntil fondet utgjer ein bestemt del av dei innanlandske og utanlandske aktiva som inneber ein kursrisiko for banken. Eventuelt overskot etter avsetjingar til kursreguleringsfondet skal setjast av i eit overføringsfond. Ved kvart årsoppgjer skal eit beløp svarande til ein tredel av inneståande beløp i overføringsfondet, overførast til statskassa.

Basert på vurderingar av risikoen for svingingar i resultatet til Noregs Bank i åra framover, er storleiken på kursreguleringsfondet sett til 40 pst. av bankens netto internasjonale fordringar og 5 pst. av bankens behaldning av innanlandske verdipapir. Retningslinene er nærare omtalte i St.prp. nr. 40 (2002–2003). Kursreguleringsfondet var i fleire år lågare enn minstekravet i retningslinene, og det vart difor ikkje sett av middel til overføringsfondet. Dette har endra seg dei siste åra. I åra 2015, 2016 og 2017 vart det overført høvesvis 10,4, 26,6 og 17,7 mrd. kroner til statskassa. Ein reknar med at det vil vere grunnlag for overføringar til staten i 2018 på 14,5 mrd. kroner. Endeleg beløp vert fastlagt ved Noregs Banks avslutning av rekneskapen for 2017.

Kap. 5605 Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

80

Av statskassas foliokonto i Noregs Bank

199 629

62 900

847 500

81

Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta

140

200

200

82

Av innanlandske verdipapir

1 504 265

1 467 000

1 341 000

83

Av alminnelege fordringar

37 593

25 000

25 000

84

Av driftskreditt til statsverksemder

72 129

136 100

16 700

86

Renter av lån til andre statar

92

100

100

Sum kap. 5605

1 813 848

1 691 300

2 230 500

Post 80 Av statskassas foliokonto i Noregs Bank

Ved utgangen av 2016 var staten si kontantbehaldning i Noregs Bank om lag 147 mrd. kroner, mot 101 mrd. kroner ved utgangen av 2015.

Alle betalingar til og frå staten vert avrekna mot staten sin foliokonto i Noregs Bank. Det er store daglege svingingar på kontoane til staten, m.a. som følgje av skatteinnbetalingar og overføringar til Statens pensjonsfond utland. Utviklinga i kontantbehaldninga er heller uviss.

Renta av det inneståande på foliokontoen vert rekna ut på bakgrunn av den renta som Noregs Bank får på sine utanlandske krav. For 2018 er dei samla renteinntektene under denne posten anslått til 847,5 mill. kroner.

Post 81 Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta

Posten omfattar m.a. renter på staten sine bankinnskot til bruk på utanriksstasjonane. For 2018 er renteinntektene under denne posten anslått til 0,2 mill. kroner.

Post 82 Av innanlandske verdipapir

Posten omfattar for det meste renteinntekter som staten får på eigenbehaldninga av statspapir som vert nytta til marknadspleieføremål.

For å gje eit meir korrekt bilete av dei årlege renteinntektene på eigenbehaldninga og dermed av dei årlege netto finansieringskostnadene til staten, vert over- eller underkurs ført etter dei same prinsippa som for statsgjelda, jf. omtale under kap. 1650, post 89. For 2018 er renteinntektene under denne posten anslått til 1 341 mill. kroner.

Post 83 Av alminnelege fordringar

Posten omfattar renteinntekter av innskot frå statens rekneskapsførarar i bankar utanom konsernkontoordninga, utlån som vert forvalta av Finansdepartementet og andre departement, og andre renteinntekter av alminnelege krav.

Inntektene på denne posten er vanskeleg å føreseia. På usikkert grunnlag er det for 2018 ført opp inntekter på 25 mill. kroner.

Post 84 Av driftskreditt til statsverksemder

Dei regionale helseføretaka kan ta opp lån i statskassa til investeringsføremål. Føretaka skal ikkje betale renter i opptrekksperioden. Rentene i denne perioden skal i staden kapitaliserast og leggjast til låna gjennom ei særskild låneløyving for opptrekksrenter under Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. 732, post 83 og kap. 732, post 91. Post 84 her er den motsvarande inntektsposten. Etter opptrekksperioden skal rentene på låna innbetalast av føretaka og inntektsførast på særskilde postar under fagdepartementet.

I 2009 vart dei regionale helseføretaka sine driftskredittar i private bankar omgjorde til driftskredittar i staten, jf. kap. 732, post 86 under Helse- og omsorgsdepartementet. Føretaka betaler renter av trekka på driftskredittramma, og desse rentene vert òg inntektsførte under post 84.

For 2018 er renteinntektene under denne posten anslått til 16,7 mill. kroner.

Kap. 5692 Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

85

Utbyte

95 315

110 100

112 200

Sum kap. 5692

95 315

110 100

112 200

Den nordiske investeringsbanken betaler utbyte til medlemslanda i høve til den innskotne kapitalen. Storleiken på utbyte vert vedteken av styret i banken på grunnlag av resultatet av verksemda året før. For 2016 har banken i 2017 betalt utbyte til den norske stat med om lag 11,8 mill. euro eller 111,8 mill. kroner.

På årsmøtet i 2016 vedtok NIB å justere medlemslanda sine delar av innbetalt kapital og garantikapital slik at dei vert like, jf. omtale under kap. 1670 Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken. Endringa auka Noregs del av utbyte frå NIB.

Basert på same utbyte i 2018 som i 2017, dei vedtekne justeringane i utbytefordelinga og valutakursen per 1. juni 2017, gjer departementet framlegg om for 2018 å føre opp eit utbyte på 112,2 mill. kroner.

Kap. 5693 Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m.

(i 1 000 kr)

Post

Nemning

Rekneskap 2016

Saldert budsjett 2017

Forslag 2018

85

Utbyte frå Folketrygdfondet

1 360

700

600

Sum kap. 5693

1 360

700

600

Det er tidlegare lagt til grunn at staten skal ha normalt utbyte av den innskotne ansvarlege kapitalen i Folketrygdfondet, jf. Prop. 1 S (2009–2010) for Finansdepartementet. I tråd med dette er det for 2017 fastsett eit utbytekrav på 587 000 kroner. Utbytekravet er fastsett med utgangspunkt i ei femårig statsobligasjonsrente. For 2018 er det difor budsjettert med eit utbyte på 0,6 mill. kroner.

Til forsida