Forslag
Under Finansdepartementet vert i Prop. 1 S (2017–2018) statsbudsjettet for budsjettåret 2018 dei forslag til vedtak som følgjer førde opp:
Kapitla 20–51 og 1600-1670, 3021-3051, 4600-4620, 5341, 5580, 5351, 5605 og 5692–5693
I
Utgifter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | |
---|---|---|---|---|
Regjeringa | ||||
20 | Statsministerens kontor | |||
01 | Driftsutgifter | 118 700 000 | 118 700 000 | |
21 | Statsrådet | |||
01 | Driftsutgifter | 173 400 000 | 173 400 000 | |
24 | Regjeringsadvokaten | |||
01 | Driftsutgifter | 101 100 000 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter | 13 700 000 | 114 800 000 | |
Sum Regjeringa | 406 900 000 | |||
Stortinget og underliggjande institusjonar | ||||
41 | Stortinget | |||
01 | Driftsutgifter | 971 300 000 | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 598 400 000 | ||
70 | Tilskot til partigruppene | 186 000 000 | ||
72 | Tilskot til Det Norske Nobelinstituttets bibliotek | 1 500 000 | ||
73 | Kontingentar, internasjonale delegasjonar | 15 500 000 | ||
74 | Reisetilskot til skular | 5 000 000 | 1 777 700 000 | |
42 | Ombodsmannsnemnda for Forsvaret | |||
01 | Driftsutgifter | 7 300 000 | 7 300 000 | |
43 | Stortingets ombodsmann for forvaltninga | |||
01 | Driftsutgifter | 83 500 000 | 83 500 000 | |
44 | Stortingets kontrollutval for etterretnings-, overvakings- og tryggingsteneste | |||
01 | Driftsutgifter | 18 800 000 | 18 800 000 | |
45 | Noregs nasjonale institusjon for menneskerettar | |||
01 | Driftsutgifter | 24 500 000 | 24 500 000 | |
51 | Riksrevisjonen | |||
01 | Driftsutgifter | 526 600 000 | ||
75 | Internasjonale organisasjonar og nettverk | 25 800 000 | 552 400 000 | |
Sum Stortinget og underliggjande institusjonar | 2 464 200 000 | |||
Finansdepartementet Finansadministrasjon | ||||
1600 | Finansdepartementet | |||
01 | Driftsutgifter | 373 600 000 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 77 600 000 | ||
70 | Forsking på og allmennopplysning om finansmarknaden | 12 300 000 | 463 500 000 | |
1602 | Finanstilsynet | |||
01 | Driftsutgifter | 361 200 000 | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 25 400 000 | 386 600 000 | |
1605 | Direktoratet for økonomistyring | |||
01 | Driftsutgifter | 458 100 000 | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 15 800 000 | 473 900 000 | |
1608 | Tiltak for å styrkje statleg økonomi- og prosjektstyring | |||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 18 841 000 | 18 841 000 | |
Sum Finansadministrasjon | 1 342 841 000 | |||
Skatte- og avgiftsadministrasjon | ||||
1610 | Tolletaten | |||
01 | Driftsutgifter | 1 490 900 000 | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 90 300 000 | 1 581 200 000 | |
1618 | Skatteetaten | |||
01 | Driftsutgifter | 5 773 600 000 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter | 195 300 000 | ||
22 | Større IT-prosjekt, kan overførast | 576 500 000 | ||
23 | Spesielle driftsutgifter, a-ordninga | 89 900 000 | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 112 300 000 | ||
70 | Tilskot | 3 500 000 | 6 751 100 000 | |
Sum Skatte- og avgiftsadministrasjon | 8 332 300 000 | |||
Offisiell statistikk | ||||
1620 | Statistisk sentralbyrå | |||
01 | Driftsutgifter | 566 000 000 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 247 700 000 | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 14 600 000 | 828 300 000 | |
Sum Offisiell statistikk | 828 300 000 | |||
Andre føremål | ||||
1632 | Kompensasjon for meirverdiavgift | |||
61 | Tilskot til kommunar og fylkeskommunar, overslagsløyving | 23 650 000 000 | ||
72 | Tilskot til private og ideelle verksemder, overslagsløyving | 2 160 000 000 | 25 810 000 000 | |
1633 | Nettoordning, statleg betalt meirverdiavgift | |||
01 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 6 300 000 000 | 6 300 000 000 | |
Sum Andre føremål | 32 110 000 000 | |||
Statsgjeld, renter og avdrag m.m. | ||||
1650 | Statsgjeld, renter m.m. | |||
01 | Driftsutgifter | 43 100 000 | ||
89 | Renter og provisjon m.m. på innanlandsk statsgjeld, overslagsløyving | 8 872 400 000 | 8 915 500 000 | |
Sum Statsgjeld, renter og avdrag m.m. | 8 915 500 000 | |||
Statlege krav, avsetningar m.m. | ||||
1670 | Avsetningar til Den nordiske investeringsbanken | |||
50 | Tapsfond for miljølåneordninga | 10 000 000 | 10 000 000 | |
Sum Statlege krav, avsetningar m.m. | 10 000 000 | |||
Sum departementets utgifter | 54 410 041 000 |
II
Inntekter:
Kap. | Post | Kroner | Kroner | |
---|---|---|---|---|
Regjeringa | ||||
3021 | Statsrådet | |||
02 | Diverse refusjonar | 100 000 | 100 000 | |
3024 | Regjeringsadvokaten | |||
01 | Vederlag for utgifter i rettssaker | 18 500 000 | 18 500 000 | |
Sum Regjeringa | 18 600 000 | |||
Stortinget og underliggjande institusjonar | ||||
3041 | Stortinget | |||
01 | Salsinntekter | 8 300 000 | ||
03 | Leigeinntekter | 1 100 000 | 9 400 000 | |
3051 | Riksrevisjonen | |||
01 | Refusjon innland | 2 200 000 | ||
02 | Refusjon utland | 300 000 | 2 500 000 | |
Sum Stortinget og underliggjande institusjonar | 11 900 000 | |||
Finansdepartementet | ||||
4600 | Finansdepartementet | |||
02 | Diverse refusjonar | 400 000 | 400 000 | |
4602 | Finanstilsynet | |||
03 | Sakshandsamingsgebyr | 11 100 000 | ||
86 | Vinningsavståing og gebyr for regelbrot m.m. | 500 000 | 11 600 000 | |
4605 | Direktoratet for økonomistyring | |||
01 | Økonomitenester | 50 600 000 | 50 600 000 | |
4610 | Tolletaten | |||
01 | Særskilt vederlag for tolltenester | 6 800 000 | ||
02 | Andre inntekter | 900 000 | ||
04 | Diverse refusjonar | 1 100 000 | ||
05 | Refusjon frå Avinor AS | 24 600 000 | ||
85 | Gebyr for regelbrot | 17 000 000 | 50 400 000 | |
4618 | Skatteetaten | |||
01 | Refunderte utleggs- og tinglysingsgebyr | 59 000 000 | ||
02 | Andre refusjonar | 45 100 000 | ||
03 | Andre inntekter | 37 100 000 | ||
05 | Gebyr for utleggsforretningar | 49 000 000 | ||
07 | Gebyr for bindande førehandsfråsegner | 2 400 000 | ||
11 | Gebyr på kredittdeklarasjonar | 19 100 000 | ||
85 | Misleghaldne lån i Statens lånekasse for utdanning | 240 000 000 | ||
86 | Bøter, inndragingar m.m. | 1 489 500 000 | ||
87 | Trafikantsanksjonar | 70 000 000 | ||
88 | Forseinkingsgebyr, Rekneskapsregisteret | 262 600 000 | ||
89 | Gebyr for regelbrot | 13 000 000 | 2 286 800 000 | |
4620 | Statistisk sentralbyrå | |||
02 | Oppdragsinntekter | 251 400 000 | ||
85 | Tvangsmulkt | 20 000 000 | 271 400 000 | |
Sum Finansdepartementet | 2 671 200 000 | |||
Ymse inntekter | ||||
5341 | Avdrag på uteståande fordringar | |||
95 | Avdrag på lån til andre statar | 500 000 | 500 000 | |
Sum Ymse inntekter | 500 000 | |||
Skatter og avgifter | ||||
5580 | Sektoravgifter under Finansdepartementet | |||
70 | Finanstilsynet, bidrag frå tilsynseiningane | 389 200 000 | 389 200 000 | |
Sum Skatter og avgifter | 389 200 000 | |||
Renter og utbyte m.m. | ||||
5351 | Overføring frå Noregs Bank | |||
85 | Overføring | 14 500 000 000 | 14 500 000 000 | |
5605 | Renter av kontantar i statskassa og av andre fordringar | |||
80 | Av statskassas foliokonto i Noregs Bank | 847 500 000 | ||
81 | Av verdipapir og bankinnskot i utanlandsk valuta | 200 000 | ||
82 | Av innanlandske verdipapir | 1 341 000 000 | ||
83 | Av alminnelege fordringar | 25 000 000 | ||
84 | Av driftskreditt til statsverksemder | 16 700 000 | ||
86 | Renter av lån til andre statar | 100 000 | 2 230 500 000 | |
5692 | Utbyte av statens kapital i Den nordiske investeringsbanken | |||
85 | Utbyte | 112 200 000 | 112 200 000 | |
5693 | Utbyte av aksjar i ymse selskap m.m. | |||
85 | Utbyte frå Folketrygdfondet | 600 000 | 600 000 | |
Sum Renter og utbyte m.m. | 16 843 300 000 | |||
Sum departementets inntekter | 19 934 700 000 |
Fullmakt til å overskride gjevne løyvingar
II
Meirinntektsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2018 kan:
1.
overskride løyvinga under | mot tilsvarande meirinntekter under |
---|---|
kap. 21 post 01 | kap. 3021 post 02 |
kap. 1600 post 21 | kap. 4600 post 02 |
kap. 1605 post 01 | kap. 4605 post 01 |
kap. 1610 post 01 | kap. 4610 postane 01, 04 og 05 |
kap. 1618 post 01 | kap. 4618 post 02 |
kap. 1618 post 01 | kap. 4618 post 03 |
Meirinntekt som gjev grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift som er knytt til overskridinga, og kjem difor òg ved kap. 1633, post 01, for dei statlege forvaltningsorgana som kjem inn under nettoordninga for meirverdiavgift.
Meirinntekter og eventuelle mindreinntekter skal reknast med ved berekninga av overføring av unytta løyving til neste år.
2. overskride løyvinga til oppdragsverksemd på kap. 1620 Statistisk sentralbyrå, post 21 Spesielle driftsutgifter, med eit beløp som svarer til alle meirinntektene på kap. 4620 Statistisk sentralbyrå, post 02 Oppdragsinntekter.
Unytta meirinntekter og eventuelle mindreinntekter skal reknast med ved utrekning av overførbart beløp på posten.
Meirinntekt som gjev grunnlag for overskriding, skal òg dekkje meirverdiavgift som er knytt til overskridinga, og kjem difor òg ved kap. 1633, post 01.
III
Fullmakt til overskriding
Stortinget samtykkjer i at Statsministerens kontor i 2018 kan overskride løyvinga på kap. 21 Statsrådet, post 01 Driftsutgifter, for å setje i verk naudsynte tryggingstiltak for regjeringa.
Fullmakter til å pådra staten skyldnader utover løyvingane
IV
Tingingsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2018 kan gjere tingingar utover det som er løyvt, men slik at den samla ramma for nye tingingar og gammalt ansvar ikkje overstig desse summane:
Kap. | Post | Nemning | Samla ramme |
---|---|---|---|
1610 | Tolletaten | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald | 40 mill. kroner | |
1618 | Skatteetaten | ||
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald | 35 mill. kroner |
V
Fullmakter til å gjere avtalar om investeringsprosjekt
Stortinget samtykkjer i at:
det i 2018 kan inngås avtaler for oppgåver som vert avslutta i 2018 og seinare under kap. 41 Stortinget, post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, innanfor den kostnadsramma som er nemnd i Prop. 1 S (2017–2018).
Finansdepartementet i 2018 kan inngå avtaler om gjennomføring av dei investeringsprosjekta som er omtalte i Prop. 1 S (2017–2018) under kap. 1618 Skatteetaten, post 22 Større IT-prosjekt, innanfor dei kostnadsrammene som er gjevne der.
VI
Garantifullmakter
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2018 kan gje garantiar for:
grunnkapitalen til Den nordiske investeringsbanken innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt ansvar på 1 230 785 695 euro.
lån frå Den nordiske investeringsbanken som gjeld ordninga med prosjektinvesteringslån innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt garantiansvar på 387 086 761 euro.
miljølån gjennom Den nordiske investeringsbanken innanfor ei samla ramme for nye tilsegner og gammalt garantiansvar på 57 243 888 euro.
VII
Fullmakt til å dekkje utgifter til vidare bubehandling
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet for 2018 under ordninga med oppfølging av staten sine krav i konkursbu kan pådra staten skyldnader utover løyvingane, men slik at den samla ramma for nye tilsegner og gammalt ansvar ikkje overstig 21,7 mill. kroner. Utbetalingar vert dekte av løyvingane under kap. 1618 Skatteetaten, post 21 Spesielle driftsutgifter.
Andre fullmakter
VIII
Fullmakt til å rette opp uoppklåra differansar og feilposteringar i statsrekneskapar for tidlegare år
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2018 i einskildsaker kan rette opp uoppklåra differansar i rekneskapane og feilposteringar i statsrekneskapen som gjeld rekneskapar for tidlegare år. Dette må gjerast ved å postere over kontoen for forskuvingar i balansen i statsrekneskapen i rekneskapen for det inneverande året. Fullmakta gjeld opp til 1 mill. kroner.
IX
Nettobudsjetteringsfullmakter
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet i 2018 kan:
trekkje direkte utgifter i samband med auksjonssal frå salsinntektene før det overskytande vert ført som inntekter under kap. 4610 Tolletaten, post 02 Andre inntekter.
nettoføre som utgiftsreduksjon under kap. 1610 Tolletaten, post 01 Driftsutgifter, refusjonar av fellesutgifter og liknande der Tolletaten framleiger lokale.
nettoføre som utgiftsreduksjon under kap. 1618 Skatteetaten, post 01 Driftsutgifter, refusjonar av fellesutgifter og liknande der Skatteetaten framleiger lokale.
nettoføre som utgiftsreduksjon under kap. 1618 Skatteetaten, post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald, refusjonar frå andre offentlege institusjonar for investeringar Skatteetaten gjer i samarbeid med desse.