Prop. 1 S (2015–2016)

FOR BUDSJETTÅRET 2016 — Utgiftskapittel: 1400 – 1482 Inntektskapittel: 4400 – 4481 og 5578

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiing

1 Om klima- og miljøutfordringane

Det er brei semje om at det å løyse klima- og miljøutfordringane er blant dei største oppgåvene vi står overfor i vår tid. Det europeiske miljøbyrået (EEA) sin siste rapport, The European Environment – State and Outlook 2015, viser til at det er mange felles miljøutfordringar i Europa. Miljøutfordringane påverkar menneska si helse, livsgrunnlag og verdiskaping. Samtidig er det menneska som er årsak til miljøutfordringane gjennom våre forbruks- og ressursmønster. Rapporten viser òg til at dei ulike miljøproblema påverkar kvarandre innbyrdes, ved at ei miljøutfordring kan forsterke dei negative effektane av andre miljøproblem. Klimautfordringa er eit godt døme på det siste ved at endringar i klima medverkar til ytterlegare stress i allereie sterkt påverka økosystem.

Oppvarming av klimasystemet er utvitydig, og den menneskelege påverknaden er klar, ifølgje den siste hovudrapporten frå FNs klimapanel. Auken i temperaturen er særleg sterk ved polane. Dersom utviklinga held fram som no, risikerer vi ei oppvarming i 2100 på 7–9 °C i Arktis, og den globale gjennomsnittsauken blir på 4–6 °C. Global økonomisk vekst, befolkningsvekst og aukande energibehov med auka bruk av kolkraft har drive utsleppa oppover. Truleg vil over to tredelar av utsleppsauken framover komme frå mellom- og låginntektsland. Kina har allereie gått forbi USA som landet med størst samla utslepp i verda. Dei norske klimagassutsleppa var i 2014 på 53,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar, omtrent uendra frå 2013. Det utgjer 0,1 pst. av dei globale utsleppa.

Gjennom klimaforliket på Stortinget vart det slått fast kva som er hovudutfordringane i klimapolitikken, kva mål vi skal nå og ei rekkje verkemiddel. Behandlinga av Meld. St. 13 (2014–2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030 – en felles løsning med EU stadfesta mål og særskilte innsatsområde mot 2030. For å nå måla må sektorane i samfunnet sjølv tar ansvar. I ein global samanheng er det òg samfunnsøkonomisk lønsamt å setje inn effektive og ambisiøse tiltak no, samanlikna med å vente og dermed måtte tar større kostnadar seinare.

Tap av naturmangfald er både ei nasjonal og internasjonal utfordring. Verda over er økosystema til dels så belasta av negativ påverknad at dei ikkje lenger leverer dei goda eller held ved lag dei naturlege prosessane som menneske er avhengige av. Også i Noreg er det risiko for tap av naturmangfald, særleg som følgje av arealinngrep og arealbruksendringar. Ei anna utfordring er at naturforvaltninga ikkje er godt nok tilpassa klimaendringane. Dei viktigaste grepa for å ta vare på naturmangfaldet i Noreg er spegla i dei tre nasjonale måla om å sikre god tilstand i økosystema, ta vare på truga arter og naturtypar og å sikre eit representativt utval av norsk natur.

Noreg har eit særleg ansvar som miljøforvaltar i nordområda og på Svalbard. Aktivitetane i nord må tilpassast det naturen kan tole. Vi må òg ta omsyn til at naturen i Arktis kjem under stadig sterkare press, mellom anna som følgje av klimaendringar.

Eit reint miljø er ein føresetnad for at vi fritt skal kunne bruke naturen og hauste av naturressursane. Mykje av norsk verdiskaping og produksjon er difor avhengig av eit reint miljø. Helse- og miljøskadelege kjemikaliar utgjer ei stor utfordring både nasjonalt og internasjonalt. Dei farlegaste kjemikaliane, miljøgiftene, blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Miljøgiftene er derfor eit alvorleg trugsmål mot mangfaldet i naturen og mot matforsyning og helse for kommande generasjonar. Noreg gjer ein særskilt innsats for å stanse bruk og utslepp av prioriterte miljøgifter innan 2020.

Kulturminne og kulturmiljø utgjer vårt kollektive minne om samfunn og levekår i tidlegare tider. Kulturminne og kulturmiljø er ressursar som ikkje kan fornyast. Dersom dei blir øydelagde eller fjerna, er dei borte for alltid. Dei representerer både miljømessige, kulturelle, sosiale og økonomiske verdiar. Dei har betydning for identiteten, trivselen og sjølvforståinga til enkeltmenneska, og kan vere ein ressurs i utviklinga av gode lokalsamfunn og gode næringar.

I dag er breidda stor og verkemidla i kulturminnearbeidet mange, men i eit samfunn der endringstempoet er høgare enn nokon gong, blir det stilt store krav til at forvaltninga skal vere tydeleg og føreseieleg. Dette gjeld særleg i og omkring dei store byane. Samstundes kan nye miljøutfordringar verke direkte inn på korleis samfunnet vernar dei kulturhistoriske verdiane sine.

For å få til ei vellykka byutvikling må ein ha både kunnskap om og vilje til å ta vare på og utvikle vidare kvalitetane i den eksisterande byen.

Endringar i klima kan òg skape ekstra utfordringar i arbeidet med å ta vare på kulturminna. Auka nedbør og høgare temperaturar i heile Noreg, kan vere årsak til rote og dermed auka vedlikehaldsbehov og kortare levetid for trebygningar.

Klima- og miljøutfordringane må løysast både nasjonalt og internasjonalt

Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde.

Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å samordne regjeringas klima- og miljøpolitikk, og vere pådrivar for klima- og miljøvennlege løysingar i alle samfunnssektorar.

Kommunane og fylkeskommunane har ei nøkkelrolle i mange delar av klima- og miljøarbeidet. Dei er for eksempel lokal forureiningsstyresmakt, planansvarlege for utbygging i kommunane, eigarar av ei rekkje bygningar, vegar og infrastruktur, ansvarlege for handtering av kollektivtrafikk og avfall, og dei gjennomfører mange offentlege anskaffingar.

Folketalet i Noreg veks raskt, særleg i og rundt dei største byane. Det kan gi nye og forsterka miljøutfordringar, men urbanisering gjev òg nye moglegheiter. Det er viktig å få til ei samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. Luftkvalitet, bu- og bustadmiljø, transportløysingar, rekreasjon og friluftsliv er alle omsyn som må sjåast i samanheng. Fortetting ved kollektivknutepunkt vil redusere transportbehov og styrkje grunnlaget for klimavennlege transportformer som kollektivtransport, sykkel og gange. Redusert arealpress er positivt for ei rekkje klima- og miljøutfordringar.

Dei viktigaste miljøproblema – klimaendringar, tap av naturmangfald og spreiing av miljøgifter – er globale. Internasjonalt samarbeid er nøkkelen til suksess i klima- og miljøarbeidet. Våre innanlandske miljøutfordringar er ein del av dei samla globale utfordringane. Vi er med og forårsakar dei internasjonale problema, og vi blir utsette for mange av dei same miljøverknadane som andre land. Skal vi løyse dei internasjonale miljøproblema må vi samtidig løyse våre eigne. Internasjonalt samarbeid og betre teknologi har medverka til at vi har klart å redusere tilførslene til vårt land av sur nedbør og samarbeid gjennom Montrealprotokollen har resultert i at ozonlaget no er i ferd med å bli tjukkare.

2015 er eit viktig år for det internasjonale klima- og miljøarbeidet. I desember vil alle land i verda samlast i Paris for å bli samde om ei ny, global klimaavtale. Den internasjonale samarbeidsviljen for å avgrense dei globale klimagassutsleppa er stor, samtidig kan resultatet frå klimakonferansen i Paris bli mindre ambisiøst enn det Noreg og andre land arbeider for. Den nye klimaavtala vil byggje på nasjonalt bestemte klimamål og vil gjelde alle, både industriland og utviklingsland. Avtala blir ikkje effektiv utan at dei store utsleppslanda blir med.

Noreg er ein pådrivar og konstruktiv aktør i forhandlingane. Regjeringa har som mål å medverke til at forhandlingane fører til ei ambisiøs, effektiv og rettferdig klimaavtale. Noreg arbeider for ein så forpliktande tekst som mogeleg, samstundes som den må få brei deltaking. Kjernen i avtala bør vere ei forplikting til å leggje fram jamlege mål om utsleppsreduksjonar og eit sterkt felles regelverk for oppfølginga. Avtala bør leggje til rette for at utsleppsreduksjonar blir gjennomførte på ein samfunnsøkonomisk best mogleg måte.

Møtet i Paris vil leggje grunnlaget for verdas mest omfattande klimakoalisjon og stake ut ein ny kurs for eit lågutsleppssamfunn og ei berekraftig framtid.

I september i år vart FNs universelle berekraftsmål vedtekne av FNs generalforsamling. Måla rettleier FN og medlemslanda i arbeidet med global fattigdom, sosiale rettar og jobbar, klima og miljø fram mot 2030. Måla knyter miljø og klima inn i alle dei områda som er viktige for miljøtilstanden. Brei oppfølging av måla vil styrkje medvitet om naturgrunnlaget si betydning for økonomisk og sosial utvikling.

Mange FN-organ er viktige aktørar i det globale arbeidet med miljø- og klimaspørsmål. FNs miljøprogram UNEP er ein sentralaktør for å bringe fram ny miljøkunnskap, utvikle internasjonal miljølovgiving og hjelpe land med gjennomføringa av nasjonal miljøpolitikk.

EU er ein pådrivar i internasjonal miljøpolitikk og internasjonale miljøkonvensjonar dannar ofte utgangspunkt for gjennomføring av eit meir ambisiøst regelverk i EU. Ein stor del av EUs miljøpolitikk blir innlemma i norsk regelverk som følgje av EØS-avtala. Noreg deltek blant anna fullt ut i EUs klimakvotesystem. Som eit bidrag til ein ny internasjonal klimaavtale har både Noreg og EU meldt inn ei betinga forplikting på minst 40 prosent reduksjon i klimagassutslepp innan 2030 samanlikna med 1990. Noreg og EU arbeider no for at dette skal skje gjennom ei felles oppfylling av klimamåla. Det grøne skiftet og grøn konkurransekraft i Noreg er nært knytte til det grøne skiftet og arbeidet med ein sirkulær økonomi i Europa.

Dei globale miljøutfordringane inneber at miljøomsyn bør bli innarbeidde i andre delar av det internasjonale samarbeidet òg, til dømes internasjonal handel, investeringar og finanssektoren. Klima- og miljødepartementet arbeider for at bilaterale, regionale og multilaterale handels- og investeringsavtaler vert utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støtta opp om klima- og miljøomsyn.

Sentrale prinsipp i miljøforvaltninga

I forvaltninga for eit berekraftig samfunn som tek i vare naturkapitalen står følgjande prinsipp sentralt:

  • Føre var-prinsippet som er nedfelt i forureiningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og svalbardmiljølova, seier at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet eller kunnskapen er mangelfull, skal ein ta tilstrekkelege forholdsreglar mot slik skade, eller late vere å gjennomføre aktiviteten.

  • Prinsippet om samla belastning står sentralt i naturmangfaldlova og inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både område, naturtypar og arter, når planar skal leggjast og vedtak skal fattast.

  • Forureinar betaler-prinsippet inneber at den som har ansvaret for at forureining skjer, skal dekkje kostnadene ved at forureining blir påført samfunnet. Dette er prinsippet for ei rekkje miljøavgifter, til dømes CO2-avgifta. Etter forureiningslova har forureinaren òg ansvaret for å rydde opp. Tilsvarande har naturmangfaldlova eit prinsipp om at kostnadene ved at miljøet blir dårlegare skal berast av tiltakshavaren. Kulturminnelova har føresegn om at tiltakshavar skal betale kostnader ved arkeologiske undersøkingar av automatisk freda kulturminne. Svalbardmiljølova har òg slike føresegner.

2 Resultatområde og nasjonale mål i klima- og miljøpolitikken

Klima- og miljøpolitikken er delt opp i seks resultatområde. Resultatområda er etablerte for å vise heilskapen i Klima- og miljødepartementets politikkområde, og for å gjere synleg at klima og miljø er eit ansvar for heile samfunnet.

På kvart resultatområde er det tilhøyrande nasjonale mål som speglar kva Noreg vil oppnå på området.

Under følgjer ei nærare omtale av resultatområda og dei nasjonale måla. Det er utvikla indikatorar for dei nasjonale måla som viser grad av måloppnåing. For nærare omtale av dette sjå www.miljøstatus.no.

2.1 Naturmangfald

Nasjonale mål:

  • Økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester.

  • Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast.

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.

Naturmangfaldet er grunnlaget for menneska sitt liv på jorda. Velfungerande økosystem er ein føresetnad for stabilitet, velferd og vekst. Naturen reinsar vatn og luft, resirkulerer næringsstoff, bind jordsmonn, dempar flaumar, lagrar karbon, beskyttar mot erosjon og syter for pollinering av planter. Naturen medverkar òg til verdiskaping og arbeidsplassar, og opplevingar. Ein mangfaldig natur gir meir robuste økosystem som er betre i stand til å tilpasse seg endringar i naturen, blant anna klimaendringane.

Auka forbruk av naturressursar har gitt rom for blant anna større matproduksjon og høgare velstand for mange. Samtidig fører auka bruk av areal og naturressursar til eit betydeleg press på naturen og økosystema. Dette har ført til eit omfattande tap av naturmangfald og utarming av viktige økosystem. Biomangfaldkonvensjonen sin perioderapport Global Biodiversity Outlook 4 frå 2014 framhevar at dagens nivå når det gjeld åtferd, konsum, produksjon og økonomiske insentiv ikkje kan foreinast med at økosystema skal kunne møte menneska sine framtidige behov. Klimaendringane forsterkar dei negative effektane på ein allereie pressa natur.

I Noreg påverkar klimaendringar naturen negativt allereie, særleg i havområda våre og i polare strok. I enkelte område er det eit betydeleg press på arealressursane.

Det er eit mål at økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. Tilstanden i norske økosystem er generelt god, men Naturindeksen, jf. boks 2.1, viser utfordringar innan fleire hovudøkosystem, slik som våtmark.

Boks 2.1 Miljø- og naturdata

Miljøstatus.no inneheld den nyaste informasjonen om miljøet sin tilstand og utvikling i Noreg. Miljøstatus i Noreg er utvikla av miljøforvaltninga, og Miljødirektoratet er ansvarleg redaktør. Statistisk sentralbyrå, Norsk institutt for vassforsking, Norsk institutt for luftforsking, Norsk institutt for naturforsking og Norsk institutt for kulturminneforsking er viktige leverandørar av data til tenesta.

Ein meir detaljert status for dei nasjonale måla med indikatorar er presentert på www.miljostatus.no.

Naturindeksen for Noreg 2010 viser tilstanden og utviklingstrendar for naturmangfaldet i dei store økosystema havbotn, opne vassmassar i havet, kystvatn-botn og kystvatn- vassmassane, elver og innsjøar, våtmark, skog, fjell og kulturlandskap (ope landskap -ekstensivt drifta). I løpet av 2015 vil det bli presentert ein ny Naturindeks for Noreg basert på 310 indikatorar fordelt på dei ni hovudøkosystema. Alle forskingsinstitusjonar som arbeider med naturovervaking er involverte i arbeidet. I alt er 158 ekspertar frå 18 institusjonar involverte. For meir informasjon om Naturindeksen sjå http://www.miljodirektoratet.no/no/ Publikasjoner/Publikasjoner-fra-DirNat/ DN-utredninger/Naturindeks-for-Norge-2010/

Artsdatabanken er ein nasjonal kunnskapsbank for naturmangfald, og har blant anna ansvaret for arbeidet med raudlistene og arbeidet med økologiske risikovurderingar av framande organismar. Artsdatabanken har ei sentral rolle i å samordne, og gjere data om naturmangfald tilgjengelege for ulike brukarar i forvaltninga og for allmenta. Talet på observasjonar i portalen «Artsobservasjoner» i regi av Artsdatabanken har no passert 12,6 millionar. Artsdatabanken har òg ansvaret for det norske Artsprosjektet.

For meir informasjon sjå: http://www.artsdatabanken.no/

For å hindre at arter og naturtypar i norsk natur ikkje blir utrydda må vi ha spesiell merksemd på dei artene og naturtypane som er truga, det vil seie arter der det er ekstremt høg eller høg risiko for at dei skal bli borte frå norsk natur. Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) har utvikla definisjonar for ulike kategoriar av truga arter. Ein truga art eller naturtype er definert som ein art eller naturtype i ein av kategoriane kritisk truga, sterkt truga eller sårbar på respektive Norsk raudliste for arter 2010 og Norsk raudliste for naturtypar 2011.

Norsk raudliste for arter og norsk raudliste for naturtypar inneheld òg kategoriane utdøydd, utdøydd i vill tilstand og nær truga, men desse er ikkje rekna til omgrepet truga art eller naturtype. I tillegg er det ein kategori der det manglar data. Tabell 2.1 gir oversikt over talet på truga arter og naturtypar, dvs. arter og naturtypar i kategoriane kritisk truga, sterkt truga og sårbar i hovudøkosystema.

Tabell 2.1 Talet på truga arter og naturtypar i hovudøkosystema

Hovudøkosystema i Noreg

Talet på truga arter, jf. definisjon

Talet på truga naturtypar

Hav og kystvatn

45

5

Elver og innsjøar

166

5

Våtmark

174

11

Skog

1135

9

Fjell

83

1

Kulturlandskap (ope lågland)

1119

9

Polare områder (Svalbard)

46

Det er eit mål å bevare eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar. Vern er òg eit godt verkemiddel for å ta vare på truga naturtypar og arter. Dei områda som er verna etter naturmangfaldlova utgjer ein viktig del av den norske naturen, og det å oppretthalde tilstanden i desse områda ved god forvaltning er ei prioritert oppgåve. Om lag 17 pst. av fastlands-Noreg er no verna som nasjonalparkar, naturreservat eller landskapsvernområde, under dette 3 marine verneområde. Omtrent 80 pst. av det verna arealet på fastlandet blir forvalta gjennom nasjonalpark- og verneområdestyra.

Om lag 75 pst. av nasjonalparkane, 70 pst. av landskapsvernområda og litt over 20 pst. av naturreservata ligg i fjellet. Nær 2,7 pst. av den produktive skogen er no verna. Dette omfattar strengt vern i naturreservat eller nasjonalparkar der skogbruk ikkje er tillete. Om lag 18 pst. av myrene er verna. Om lag 15 pst. av ferskvatnet er verna etter naturmangfaldlova, og gjennom Verneplan for vassdrag er 388 vassdragsområde sikra mot kraftutbygging.

Omfanget av verna areal gir ei relativt god dekning for dei fleste hovudøkosystema for fastlands-Noreg. For marine område er dekninga meir avgrensa.

2.2 Kulturminne og kulturmiljø

Nasjonale mål:

  • Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast.

  • Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

  • Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.

  • Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Kulturminne og kulturmiljø er viktige delar av samfunnet sitt kollektive minne. Historiske bygningar, bymiljø, landskap og arkeologiske spor er kjelder til historia om samfunnet si utvikling, om enkeltmennesket sitt liv og om korleis menneska har brukt og innretta seg etter naturen og samfunnet gjennom tidene.

Kulturminne og kulturmiljø kan tilføre viktig kunnskap og perspektiv i arbeidet for eit betre og meir berekraftig samfunn. Dei utgjer verdiar som gir stader særpreg og eigenart, og er ein ressurs i utvikling av gode lokalsamfunn og gode næringar. Målet med kulturminnepolitikken er derfor på lang sikt å forvalte dei kulturhistoriske verdiane som eit kulturelt og miljømessig ressursgrunnlag for morgondagens samfunn. Eksempel viser at lokalsamfunn som tek i bruk kulturarven, skaper ei rekkje moglegheiter for befolkninga. Kulturarv kan vere eit konkurransefortrinn ved val av bustad, ved etablering av verksemder, ved utvikling av reiseliv og kan òg medverke til å skape attraktive miljø for utviklinga av ulike kultur- og tradisjonsprodukt innanfor for eksempel handverkstradisjonar, kunsthandverk og lokale matvarer.

Gjennom kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga skal kulturminneportalen utviklast vidare for å sikre eit solid kunnskapsgrunnlag for ei effektiv oppfølging av statlege forpliktingar, for politikkutvikling og for målretta bruk av ressursane på kulturminneområdet. Vidareutvikling av kulturminneportalen er eit viktig bidrag for å nå dei nasjonale måla gjennom auka kunnskapsgrunnlag. Den vil styrkje avgjerdsgrunnlaget i forvaltninga og medverke til å standardisere, forenkle og effektivisere arbeidsprosessar på tvers av forvaltningsnivåa.

Få kommunar har oppdatert oversikt over eigne verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Berre 132 kommunar har ei slik oversikt i dag. Gjennom satsinga kunnskapsløftet, som skjer i regi av Riksantikvaren, vil fleire kommunar få betre kunnskap om dette, og tapet av verneverdige kulturmidlar kan reduserast.

I St.meld. nr. 16 (2004 – 2005) Leve med kulturminner vart det lagt fram ein opptrappingsplan for å nå dei nasjonale miljømåla om at freda kulturminne skal setjast i stand til ordinært vedlikehaldsnivå. I oppfølginga av meldinga har KLD organisert arbeidet i ti bevaringsprogram. I Meld. St. 35 (2012 – 2013) Framtid med fotfeste som blei behandla i juni 2013, heldt eit samla Storting ved lag ambisjonane og måla frå Leve med kulturminner.

Til trass for vesentleg styrking av dei statlege tilskotsordningane, er situasjonen i dag til dels prega av etterslep i istandsetjingsarbeidet. Dette bildet varierer likevel frå program til program. Istandsetjingsprogrammet for stavkyrkjer vil bli sluttført i tråd med målet slik at innsatsen no kan konsentrerast om det fortløpande vedlikehaldet. Utfordringane m.o.t. etterslep er størst innanfor programmet for freda kulturminne i privat eige.

Framdrifta i fleire av bevaringsprogramma er svakare enn ønskeleg, Regjeringa vil i budsjettforslaget for 2017 derfor komme tilbake til ein full gjennomgang av måloppnåinga og ei vurdering av vegen vidare.

Som oppfølging av Meld. St. 35 (2012 – 2013) Framtid med fotfeste – Kulturminnepolitikken har Klima- og miljødepartementet sett i gang ei mangeårig satsing for oppfølging av verdsarvkonvensjonen med sikte på å auke kunnskapen om verdsarvkonvensjonen og styrkje den lokale forankringa ved blant anna å etablere verdsarvsenter ved dei norske verdsarvområda. Vidare blir mogelegheitene for å etablerer eit nytt kategori 2-senter i samarbeid med de nordiske landa greia ut. Senteret skal i hovudsak arbeide med kapasitetsbygging under verdsarvkonvensjonen.

Kulturminnefondet er Klima- og miljødepartementets viktigaste verkemiddelordning for eigarar av verneverdige kulturminne, i motsetning til Riksantikvarens tilskotsordningar som er retta mot private eigarar av freda kulturminne. Kulturminnefondets løyving er ei reindyrka tilskotsordning, og eit lågterskeltilbod som sikrar mangfald og breidde i vernet av kulturminne. Tilskot frå Kulturminnefondet er eit effektivt bidrag til arbeidet med å betre rammevilkåra for private eigarar av kulturminne og til å stimulere til privat verneinnsats. Midlane medverkar til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast om grunnlag for framtidige opplevingar, kunnskap, utvikling og verdiskaping.

Gjennom målretta og systematisk arbeid har kulturminneforvaltninga lagt vekt på vern gjennom bruk, då dette er den beste forvaltninga av kulturminna. Prosjekta medverkar til utvikling av lokalsamfunn og lokalt næringsliv. Satsing på kulturminne som ressurs, medverkar til positiv utvikling av byar og stader. Kulturminneforvaltninga er ikkje næringsutviklar, men skal leggje til rette for at andre aktørar kan drive næringsutvikling i tilknyting til kulturminna.

2.3 Friluftsliv

Nasjonale mål:

  • Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.

  • Område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir teke vare på.

  • Allemannsretten skal haldast i hevd.

Friluftsliv gir auka trivsel, betrar folkehelsa og aukar forståinga og interessa for å ta vare på naturverdiar. Friluftsliv er kjenneteikna av koplinga mellom fysisk aktivitet og naturopplevingar, og av at friluftsliv som regel ikkje har noko konkurranseelement. Spesielt viktig er naturen i nærmiljøet, som er den klart mest etterspurte arenaen for fysisk aktivitet i kvardagen.

Friluftslivet har ei sterk stilling i Noreg. Den norske naturen og landskapet, friluftsliv og eit nært forhold til naturen er ein viktig del av det nasjonale medvitet og ein integrert del av mange nordmenn sitt liv.

Undersøkingar viser at forutan å få trim og bli i betre fysisk form er det først og fremst fred og ro, naturoppleving og det å komme ut i frisk luft folk ønskjer når dei går på tur. Ifølgje SSB si Levekårsundersøking 2014 deltok 94 pst. av den norske befolkninga i friluftslivsaktivitet i 2014. Aktivitetsnivået er høgt. I gjennomsnitt dreiv nordmenn med ein eller fleire friluftslivsaktivitetar 120 gonger i løpet av året. Fotturar er mest utbreidde, deretter følgjer utandørs bading. Bær- og soppturar er dei einaste friluftslivsaktivitetane som har hatt ein nedgang i oppslutning dei siste åra.

Befolkningstettleiken aukar i byar og tettstader. Befolkninga har likevel ein unik nærleik til grøntområde i høve til andre land vi kan samanlikne oss med.

Den lovfesta retten i friluftslova til å kunne ferdast fritt og opphalde seg i naturen (allemannsretten) og at ferdsel og opphald i naturen er gratis, er ein viktig føresetnad for at friluftsliv er svært utbreidd i Noreg. Allemannsretten si sterke stilling i Noreg heng nært saman med den vekta naturopplevingar har for folk i det daglege. Stadig fleire flytter til byar og tettstader, og då får naturen i og ved slike område ein endå viktigare funksjon som arena for rekreasjon, friluftsliv og naturopplevingar. Ein meir detaljert status for dei nasjonale måla med indikatorar er presentert på www.miljostatus.no.

2.4 Forureining

Nasjonale mål:

  • Forureining skal ikkje skade helse og miljø.

  • Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast.

  • Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting.

  • Døgnmiddelkonsentrasjonen av svevestøv (PM10) skal ikkje overskride 50 µg/m3 meir enn 7 dagar pr. år.

  • Timemiddelkonsentrasjonen av nitrogendioksid (NO2) skal ikkje overskride 150 µg/m3 meir enn 8 timar pr. år.

  • Støyplager skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999. Talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005.

Dei nasjonale måla for arbeidet med forureiningar er samanfatta og formulerte meir overordna enn tidlegare. Dei tre første måla for dette resultatområdet samanfattar no 11 tidlegare mål. Det vert understreka at ambisjonsnivået og målsetjingane i arbeidet med forureiningar er dei same som tidlegare. Indikatorane som er knytte til dei nasjonale måla er heller ikkje endra.

Alle har rett til eit miljø som tryggjer helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir tekne vare på.

Boks 2.2 Tre nye nasjonale mål for arbeidet med forureiningar som samanfattar 11 tidlegare mål

Dei nasjonale måla for arbeidet med forureiningar er samanfatta og formulerte meir overordna enn tidlegare. Dei tre første måla for dette resultatområdet samanfattar no 11 tidlegare mål. Det vert understreka at ambisjonsnivået og målsetjingane i arbeidet med forureiningar er dei same som tidlegare. Indikatorane som er knytte til dei nasjonale måla er heller ikkje endra.

Forureining skal ikkje skade helse og miljø

Forureining i denne samanhengen er å forstå som utslepp av stoff som kan gi skade på helse og/eller miljø, jf. definisjonar i forureiningslova. Det nasjonale målet dekkjer potensielt helse- og miljøskadelege forureiningar, også ved akutt forureining, der handtering og verkemiddelbruk i hovudsak er basert på risikovurderingar. Målet inneber at risiko for skade skal minimerast.

Målet omfattar utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikaliar, langtransportert luftforureining og radioaktive stoff.

Målet omfattar den delen av nullutsleppsmålet for petroleumsverksemd som gjeld oljekomponentar som ikkje er miljøfarlege, og tilsette kjemikaliar som ikkje har ibuande miljøfarlege eigenskapar, og naturleg førekommande radioaktive stoff.

Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansast

Nokre typar forureiningar eller stoff kan ha så alvorlege konsekvensar at dei i hovudsak blir handterte og regulerte etter sine ibuande eigenskapar. Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal kontinuerleg reduserast med intensjon om å stanse utsleppa. Det langsiktige målet er å oppnå konsentrasjonar i miljøet nær bakgrunnsnivå for naturleg førekommande stoff og nær null for menneskeskapte stoff.

For dei prioriterte miljøgiftene i den spesifikke prioritetslista, for tida vel 30 stoff og stoffgrupper, skal bruk og utslepp av desse miljøgiftene reduserast vesentleg med sikte på å stanse utslepp innan 2020.

Målet omfattar òg nullutsleppsmålet for naturleg førekommande og tilsette miljøfarlege stoff frå operasjonelle utslepp frå petroleumsverksemd, og nokre radioaktive stoff.

Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg mindre enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet skal utnyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting.

Målet omfattar førebygging og reduksjon av avfallsgenerering og auka gjenvinning. Gjenvinning kan vere både materialgjenvinning og energiutnytting.

Utslepp av helse- og miljøskadelege kjemikaliar stammar frå produksjon av råstoff og ferdigvarer i industrien, og utslepp frå produkt vi omgir oss med og frå avfallsstraumar.

Miljøgifter er helse- og miljøfarlege kjemikaliar som i liten grad blir brotne ned i naturen og som kan hope seg opp i organismar og næringskjeder. Nivået i miljøet for enkelte miljøgifter er på veg ned og industriutsleppa er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land. Likevel er det behov for ein særleg innsats fram mot 2020 for å stanse bruk og utslepp av dei prioriterte miljøgiftene (www.miljostatus.no/prioritetslisten). I løpet av 2015 vil regjeringa leggje fram ein handlingsplan for arbeidet med desse miljøgiftene.

Nivået på radioaktiv forureining er generelt lågt. Nedfallet frå ulykka i Tsjernobyl i 1986 er framleis ei viktig kjelde til radioaktivitet i norsk natur.

Gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kan føre til skade på helse og miljø, og vere ei kjelde til spreiing av helse- og miljøskadelegege kjemikaliar. Forureinar betaler-prinsippet ligg til grunn for arbeidet med opprydding i slike gamle forureiningar, men tilskot med statlege midlar er òg aktuelt og nødvendig i samanhengar der den ansvarlege av ulike årsaker ikkje kan identifiserast, ikkje kan stå for ei god opprydding eller der det vil vere urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene.

Frå petroleumsverksemda skal det som hovudregel ikkje sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande. Dette nullutsleppsmålet gjeld for heile norsk sokkel. Det er behov for ytterlegare tiltak for å sikre at målet blir nådd, særleg for olje og naturlege førekommande stoff i produsert vatn. Alle operatørane har fått krav om å gjere nye risikovurderingar og gjennomføre vurderingar av beste tilgjengelege teknologi for behandling av produsert vatn i 2016.

Innsats for å redusere helse- og miljøskadelege stoff i produkt medverkar til å redusere miljøproblema når slike produkt blir til avfall. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller sikrast god nok nasjonal behandlingskapasitet. Nesten 95 prosent av det farlege avfallet i Noreg blir levert til godkjent behandling.

Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane vil auke på lang sikt om ein ikkje lykkast med å førebyggje avfall. Ressursane i avfallet skal takast vare på og nyttast om igjen i størst mogleg grad ved ombruk, materialgjenvinning og energiutnytting. Klima- og miljødepartementet leier no eit arbeid der fleire departement arbeider samen med matbransjen for å redusere matsvinn.

Ny kunnskap om marin forsøpling og mikroplast har gitt auka merksemd om denne miljøtrusselen. Det er frå 2015 oppretta ein eigen tilskotspost for å støtte opp om frivillige oppryddingstiltak, haldningsskapande arbeid og lokalt engasjement i arbeidet mot marint søppel. Ei god avfallsbehandling er viktig for å førebyggje marin forsøpling.

Gjennom Montrealprotokollen forpliktar medlemslanda seg til utfasing av bruk av gassar som er skadelege for ozonlaget. Bruken av stoffa er på verdsbasis redusert med over 98 pst., og overvakingsresultat viser no at ozonlaget er i ferd med å bli tjukkare. Noreg oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen, og det er no forbod mot å importere og å ta i bruk ozonreduserande stoff i Noreg. I tråd med avtala har Noreg framleis noko import av svært små mengder ozonreduserande stoff til spesielle formål.

Internasjonale avtaler har redusert tilførslene av langtransportert luftforureining sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover utan ytterlegare reduksjonar. Nasjonalt har Noreg redusert sine utslepp av svoveldioksid, nitrogenoksid og flyktige organiske sambindingar i tråd med dei internasjonale forpliktingane. For utslepp av ammoniakk må verkemiddelbruken forsterkast for å overhalde forpliktingane.

Nivåa av svevestøv (PM10) viser ein nedgåande trend sidan 2004. Det er likevel eit stykke igjen til det nasjonale målet. Dei fleste stadene har konsentrasjonane av nitrogendioksid (NO2) vore stabile gjennom det siste tiåret. Det nasjonale målet for NO2 blir berre overskride i dei største byane. I 2014 var det to byar (Bergen og Oslo) som hadde overskriding av grenseverdien for NO2, mens ingen norske byar hadde overskriding av grenseverdiane for svevestøv. Både for svevestøv og NO2 er det også fastsett juridiske bindande grenseverdiar i forureingsforskrifta.

Talet på støyplaga personar blant dei som var utsette for høg utandørs støy ved bustaden i 1999 er redusert, men ikkje raskt nok sett opp mot målet for 2020. Vegtrafikk er den desidert viktigaste kjelda til støyplager i Noreg i dag, og står for over 80 prosent av den utrekna støyplaga. Talet på personar utsette for høg innandørs støy aukar.

2.5 Klima

Nasjonale mål:

  • Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

  • Noreg skal vera karbonnøytralt i 2050.

  • Noreg vil på vilkår ta på seg ei forplikting om minst 40 pst. utsleppsreduksjon i 2030 samanlikna med 1990.

  • Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der også andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar svarande til norske utslepp i 2030.

  • Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

  • Reduserte utslepp av klimagassar frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland, i samsvar med berekraftig utvikling.

  • Samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane.

Resultatområdet Klima omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar. Regjeringas innsats på klimaområdet blir gjort både gjennom nasjonal klimapolitikk og internasjonalt arbeid med forhandlingane om ei ny klimaavtale, reduserte utslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland, kvotekjøp, kortliva klimadrivarar, og andre innsatsområde for å utløyse ytterlegare klimainnsats internasjonalt. Vidare omfattar resultatområdet internasjonal klimafinansiering og klimatilpassing.

Dei nasjonale måla for klima er forankra gjennom Klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til Meld. St. 21 (2011–2012)) og i stortingsmelding om ny utslippsforplikting for 2030 (Meld. St. 13 (2014 – 2015) Innst. 211 S (2014–2015)).

Regjeringa vil føre ein offensiv klimapolitikk for å redusere Noregs utslepp og har blant anna forsterka klimaforliket på ei rekkje område. Reduksjonar fram mot 2020 vil òg medverke til å nå dei meir langsiktige klimamåla. Samtidig vil ei rekkje tiltak som no blir sette i verk, først vise seg att i utsleppsreduksjonar på lengre sikt.

Noreg skal fram til 2020 kutte i dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990, i tråd med Stortingets klimaforlik frå 2008 og 2012. Det nasjonale målet er gjort operativt gjennom forpliktinga under Kyotoprotokollen om at utsleppa ikkje skal vere høgare enn 84 pst. av 1990-nivået i gjennomsnitt for 2013–2020. Dette er det overordna klimamålet på kort sikt. På klimakonferansen i Paris skal det òg diskuterast og gjerast vedtak også for auka innsats fram mot 2020.

I innspelet til FN om bidrag til ei ny klimaavtale har Noreg understreka målet om å vere klimanøytral i 2050. Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der òg andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar som svarer til norske utslepp i 2030.

Per 1. september har rundt 30 land og regionar sendt inn sine bidrag. Samla står desse for om lag 70 pst. av verdas utslepp. Det er stor forskjell i korleis landa har utforma sine innspel. Førebelse utrekningar viser likevel at innspela ligg eit stykke unna det som vil bli kravd for å nå togradersmålet på ein effektiv måte. Innan 1. november i år skal klimakonvensjonen sitt sekretariat leggje fram ein rapport med oversikt over bidraga som er sende inn, og kva samla effekt dei er berekna å ha. Regjeringa følgjer situasjonen nøye fram mot Paris.

I Meld. St. 13 (2014–2015) la regjeringa fram forslag om Noreg si rettleiande forplikting i 2030 til ny internasjonal klimaavtale. Noreg er i dialog med EU om å inngå ei avtale om felles oppfylling av klimaforpliktinga saman med EU. Ei avtale om felles oppfylling med EU vil innebere at i kvotepliktig sektor vil Noreg medverke til gjennomføring av utsleppsreduksjonar på 43 pst. samanlikna med 2005 innanfor EUs kvotesystem. Noreg vil òg medverke til utsleppsreduksjonar i ikkje-kvotepliktig sektor ved at det blir fastsett eit nasjonalt utsleppsmål for ikkje-kvotepliktig sektor på linje med samanliknbare EU-land. EU legg opp til at nokre av kutta i ikkje-kvotepliktig sektor kan gjennomførast ved kjøp av kvotar i EUs kvotesystem eller gjennomføring av klimatiltak i andre EU-land. Noreg vil nytte denne fleksibiliteten på lik linje med EU-land. Sjå nærare omtale i meldinga.

Ifølgje klimaforliket skal Noreg vera karbonnøytralt i 2050. Dette nasjonale målet inneber at Noreg skal syte for globale utsleppsreduksjonar som tilsvarar dei norske utsleppa som er igjen i 2050. Samtidig er det eit mål at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050.

Målet om å avgrense den globale temperaturauken til to grader ligg til grunn for norsk klimapolitikk. Ifølgje FNs klimapanel utviklar dei globale utsleppa seg på ein måte som vil føre til at temperaturauken vil overstige to grader, og verda risikerer svært alvorlege, irreversible konsekvensar. Å bringe utsleppsutviklinga i tråd med togradersmålet føreset i realiteten at dei aller fleste landa må redusere sine utslepp samanlikna med dagens nivå, og at dei største utsleppslanda må redusere eller avgrense utsleppa betydeleg.

I Statistisk sentralbyrås foreløpige utsleppsrekneskap var Noreg sine utslepp i 2014 på 53,8 mill. tonn CO2-ekvivalentar, 0,1 mill. tonn lågare enn året før. Klimagassutsleppa nådde ein topp i 2007 med 57 mill. tonn CO2-ekvivalenter, men har sidan blitt redusert med 3,3 mill. tonn til 53,8 mill. tonn i 2014. Utsleppa i 2014 var dei lågaste utsleppa sidan 1995, med unntak av i 2009. Dette trass i at Noreg har hatt ein vesentleg økonomisk vekst og folketalsvekst. Dei samla utsleppa ligg likevel framleis 1,8 mill. tonn (3,5 pst.) over 1990-nivået. Petroleumssektoren er den største utsleppskjelda i Noreg, tett følgt av industri og vegtrafikk. Sjå nærare i tabell 2.2.

Tabell 2.2 Utslepp av klimagassar. mill. tonn CO2-ekvivalentar. Foreløpige tal for 2014.

Mill. tonn 2014

Endring i prosent

1990 – 2014

2013 – 2014

Utslepp frå norsk territorum

53,8

3,5

-0,1

Av dette:

Olje- og gassutvinning

14,7

90,8

6,5

Industri og bergverk

12,0

-39,0

-1,4

Energiforsyning

1,7

317,0

-1,8

Oppvarming i andre næringar og hushald

1,2

-56,2

-19,2

Vegtrafikk

10,2

31,1

0,7

Luftfart,sjøfart,fiske, motorreiskap m.m.

6,3

14,2

-9,3

Jordbruk

4,7

-15,1

-0,8

Andre kjelder

3,0

11,4

3,9

Tala omfattar ikkje utanriks sjø- og luftfart.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Klima- og skogsatsinga er eit resultat av klimaforliket i 2008, og vart ført vidare i forliket i 2012. Klima- og skogsatsinga har som mål å nå kostnadseffektive, tidlege og målbare utsleppsreduksjonar gjennom bevaring av tropisk skog. I 2016 er det venta at fleire av dei bilaterale partnarskapa i satsinga vil gå over i ein fase der tilskot blir utbetalte for reduserte utslepp av CO2 gjennom redusert skogdegradering og avskoging i tropiske skogland. Det er venta resultatbaserte utbetalingar til Brasil, Guyana, Indonesia, Colombia og Ecuador. For andre land som Peru, Etiopia og Liberia, er det framleis krav om innsats for å betre skog- og arealforvaltninga, slik at denne bidrar til skogbevaring og berekraftig arealbruk. REDD+-innsatsen medverkar òg til berekraftig utvikling gjennom bl.a. betra rettar for urfolk og andre skogfolk og transparens i forvaltninga av skogen.

Det nasjonale mål for klimatilpassing er: «Samfunnet skal førebuast på og tilpassast til klimaendringane». Klimaet endrar seg allereie, og endringane vil påverke både natur og samfunn. I Noreg er det venta mildare vêr og hyppigare og meir intens nedbør, som mellom anna kan gi større risiko for flaum og skred. Miljødirektoratet arbeider med å utarbeide indikatorar for å måle status for tilpassing til klimaendringane. Ei utfyllande omtale av status finst mellom anna i National Communication til Klimakonvensjonen i 2014.

Nye klimaframskrivingar presenterte i rapporten Klima i Norge 2100, gir oppdatert kunnskap om korleis klimaendringane kan bli i Noreg i åra framover. Framskrivingane i rapporten har teke utgangspunkt i ulike utsleppsscenario, og viser at vi med ein framhalden rask auke i klimagassutsleppa bl.a. må vente ein markant auke i temperaturen, og at styrtregnepisodane kjem oftare og kraftigare. Tilsvarande kan regnflaumane førekomme hyppigare og større, og på grunn av stigande havnivå vil fleire område som ikkje er utsette for overfløyming ved stormflod i dag, kunne bli utsette for dette i framtida.

Rapporten viser òg at med reduserte klimagassutslepp vil klimaendringane bli betydeleg mindre.

2.6 Polarområda

Nasjonale mål:

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard skal haldast ved lag, og naturmangfaldet bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet.

  • Dei 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa på Svalbard skal sikrast gjennom føreseieleg og langsiktig forvaltning.

  • Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast.

Arktis og Antarktis har framleis store, tilnærma urørde naturområde, eit unikt og sårbart biologisk mangfald, ein verdifull kulturarv og stor verdi som kjelde til kunnskap og naturoppleving. Klimaendringar, havforsuring og auka menneskeleg aktivitet skaper auka risiko og nye utfordringar for miljøet. Klimaendringar fører bl.a. til mindre sjøis. Dette påverkar arter som har sjøis som leveområde. Havforsuring er venta å bli ein stadig viktigare påverknadsfaktor, og marint plastavfall har blitt eit nytt betydeleg miljøproblem. Smeltande polis opnar samstundes for auka skipstrafikk og anna næringsverksemd.

I norsk del av Arktis er Jan Mayen og territorialfarvatnet freda som naturreservat.

På Svalbard er 65 prosent av landområdet og 87 prosent av territorialfarvatnet freda som naturreservat og nasjonalparkar. I tillegg til den unike naturen er det meir enn 1800 kjente kulturminnelokalitetar på Svalbard. Dyrelivet er i utgangspunktet freda, og fleire arter har hatt ein kraftig vekst. Nivået av fleire miljøgifter er på veg ned, men nivået av PCB og andre miljøgifter i artane på toppen av dei marine næringskjedene er framleis høgt. Dette skuldast i hovudsak langtransportert forureining.

Svalbard og samfunna der er i endring. Raske klimaendringar vil gjere det stadig vanskelegare for mange arter som er tilpassa dagens klima å overleve etter kvart som temperaturen stig og havisen trekkjer seg tilbake. I tillegg vil både ferdsla og interessa for naturressursane på og omkring Svalbard venteleg auke ytterlegare.

Det er sett høge miljømål for Svalbard, og eit av hovudmåla for norsk svalbardpolitikk er å ta vare på den unike naturen i ei av Europas siste villmarker. Ein aktiv miljøpolitikk og eit effektivt regelverk skal sikre at Svalbard med tilgrensande hav- og drivisområde framleis skal vere lite påverka av lokal aktivitet, og halde fram med å vere eit stort, samanhengande villmarksområde.

Endringane i Arktis skaper utfordringar som òg må handterast gjennom internasjonalt samarbeid. Noreg skal medverke til ei heilskapleg tilnærming for å handtere desse utfordringane gjennom aktiv norsk deltaking i Arktisk råd og rådets arbeidsgrupper. Klimaendringar i Arktis, reduksjon av kortlevde klimadrivarar, bevaring av arktisk biodiversitet, heilskapleg havforvaltning og forureining er problemstillingar som står høgt på agendaen i Arktisk råd.

Antarktistraktaten og Miljøprotokollen peikar ut Antarktis til eit verneområde vigsla til fred og vitskap. Det siste tiåret er det gjennomført ei rekkje miljøtiltak i tråd med miljøprotokollen, og Antarktis står i dag fram som eit av dei siste store urørte naturområda i verda. Flora, fauna, økosystem og kulturminne i Antarktis er likevel under stadig større press frå interne og eksterne påverknadsfaktorar som verkar saman i eit komplekst samspel. Det gjeld i første rekkje klimaendringar og ein stadig aukande menneskeleg aktivitet på kontinentet. I Meld. St. 32 (2014 – 2015) Norske interesser og politikk i Antarktis, er det slått fast at Noreg framleis vil vere ein pådrivar for å verne om miljøet i Antarktis og tryggje dette området som eit referanseområde for forsking i samanheng med den viktige stillinga som dette området har når det gjeld globale klima- og miljøendringar. Norsk forskings- og overvakingsaktivitet skal framleis vere heilt sentral i norsk nærvær og aktivitet i Antarktis og dei omkringliggjande havområda.

Eit godt miljøsamarbeid med Russland og i Barentsregionen er viktig for miljøet og ressursane i nord. Eit breitt og effektivt miljøvernsamarbeid med Russland står sentralt i regjeringas nordområdestrategi. Innanfor det bilaterale samarbeidet er det ei særleg prioritering av havmiljø og samarbeid i grenseområda. Dei høge utsleppa av svovel og metall frå nikkelverka på Kola påverkar miljøet i grenseområdet og er framleis den største miljøutfordringa. Det ligg ei stor grad av norsk eigeninteresse i å få løyst desse miljøproblema, og Noreg vil halde fram med påverknadsarbeid for å få redusert utsleppa.

Barentssamarbeidet er viktig for å styrkje grenseoverskridande kontakt og problemløysing og for å fremje berekraftig utvikling i Barentsregionen. Arbeidet vil vere konsentrert om forvaltning av naturmangfaldet og vassressursane i Barentsregionen, reduksjon av klimautslepp og berekraftig forbruk.

3 Hovudprioriteringar i Klima- og miljødepartementets budsjett for 2016

Forslaget til budsjett for Klima- og miljødepartementet i 2016 har ei utgiftsramme på 8 892,5 mill. kroner mot 8 072,4 mill. kroner i 2015. Dette er ein netto auke på 820,1 mill. kroner, eller 10,2 prosent, frå saldert budsjett 2015. Regjeringa følgjer opp gjeldande politikk med vesentlege auke til CO2-kompensasjonsordninga og kjøp av klimakvotar. Miljøpolitikken blir i stor grad ført ved hjelp av skattar, avgifter og regulering. Utgiftene under Klima- og miljødepartementet åleine gir derfor ikkje eit fullstendig uttrykk for regjeringas samla politiske prioriteringar av klima og miljø.

Budsjettet gir grunnlag for å setje i gang fleire tiltak på klima-, forureinings- og kulturminneområdet, samtidig som naturmangfaldområdet blir ført vidare på omlag same nivå som i 2015.

Klima:

Regjeringa foreslår å løyve 13 mill. kroner til restaurering av myr. 15 mill. kroner blir ført vidare til pilotordning for skogplanting, som oppfølging av klimaforliket. Dette er tiltak utanfor kvotepliktig sektor som kan medverke til å oppfylle 2030-forpliktinga på ein kostnadseffektiv måte.

Vidare foreslår regjeringa å doble løyvinga til pilotordninga for biogassanlegg frå 10 mill. kroner til 20 mill. kroner for å følgje opp biogasstrategien. Satsinga på biogass vil kunne medverke til utsleppsreduksjonar i transportsektoren og til å redusere kostnadene ved produksjon av biogass.

Til utarbeiding av statistikk for kommunale klimagassutslepp foreslår regjeringa å løyve 6,4 mill. kroner. Kommunane er gjennom ei statleg planretningslinje pålagt å drive klima- og energiplanlegging. Å fordele utslepp av klimagassar på enkeltkommunar er svært krevjande. Eit nytt statistikksystem vil så langt som mogleg vise utviklinga i klimagassutslepp i kommunane, vil kunne lette prioriteringa mellom ulike tiltak, og vil så langt det er mogleg måle effekten av tiltaka.

Regjeringa vil føre ein offensiv politikk for å medverke til ei grøn omstilling av norsk økonomi og arbeider med ein strategi for grøn konkurransekraft for å ruste Noreg og næringslivet for ei lågutsleppsframtid. Regjeringa oppnemnde i juni 2015 eit ekspertutval som skal føreslå ein overordna strategi for grøn konkurransekraft. Utvalets forslag vil bli lagt fram hausten 2016. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein strategi for grøn konkurransekraft i 2017.

Som ei oppfølging av Stortingets klimaforlik styrkte regjeringa klima- og skogsatsinga i 2015 slik at ho for første gong nådde 3 mrd. kroner. Satsinga blir ført vidare på dette nivået i 2016. Det ligg an til at reduserte utslepp frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland (REDD+) blir ein del av det internasjonale klimaregimet som blir vedteke i Paris i desember 2015. Dette inneber at bevaring, betre forvaltning og restaurering av skog i utviklingsland blir sentralt i den internasjonale innsatsen for å sikre at den globale oppvarminga ikkje overstig 2 grader. Regjeringa samarbeider med tropiske skogland, multinasjonale organisasjonar, sivilsamfunnet og privat sektor for ei utvikling i skoglanda som medverkar til minska avskoging.

Det blir foreslått å løyve 270 mill. kroner til kjøp av FN-godkjende klimakvotar. Stortinget har gitt Klima- og miljødepartementet fullmakt til å inngå avtalar om kvotekjøp som bind staten til utbetalingar i 2016 og seinare år, med sikte på levering av 60 mill. kvotar i perioden 2013 – 2020. Fullmakta for 2015 er på 2 mrd. kroner. Forslaget til løyving i 2016 skal dels gå til kontraktsfesta betalingar for avtalar som allereie er inngått eller blir inngått i 2015 under fullmakter Stortinget har gitt departementet. Det er òg innarbeidd eit overslag over utbetalingar under nye kontraktar som er planlagt inngått i 2016, og som er nødvendig for å sikre at Noreg oppfyller sine skyldnader under Kyotoavtala. Kvotekjøp under Den grøne utviklingsmekanismen (CDM) utløyser investeringar i klimatiltak og syter for at Noreg kan innfri klimaforpliktinga si for 2020.

Føreslåtte løyvingar til CO2-kompensasjonsordninga i 2016 utgjer omlag 523 mill. kroner.

Forureining:

Til opprydding i forureina grunn og sjøbotn som er forureina med miljøfarlege stoff foreslår Regjeringa å auke den samla løyvinga med 75 mill. kroner. Dette gjer det mogleg å starte opp opprydding i Bergen hamn (Puddefjorden) som er planlagt gjennomført i 2016 og 2017. Elles er løyvinga justert som følgje av planlagt framdrift i prosjekt som er sette i gang.

Kulturminne:

I statsbudsjettet for 2016 vil regjeringa prioritere tiltak som fremjar arbeid, aktivitet og omstilling. Det er ei særleg utfordring at mange no mister jobben i dei næringane og fylka som er sterkast råka av den låge oljeprisen. Som ein del av budsjettet legg regjeringa fram ein særskild tiltakspakke for auka sysselsetjing på i alt 4 mrd. kroner. Dei særskilde tiltaka i denne pakken vil vere mellombelse og er innretta slik at dei lett skal kunne reverserast. Også ut over denne særskilte pakken fremjar budsjettet for 2016 aktivitet og omstilling. Tiltaka skal fremje auka sysselsetjing på kort sikt, samtidig som dei legg til rette for ei langsiktig omstilling av norsk økonomi. For å møte den krevjande situasjonen innanfor verfts- og verkstadindustrien foreslår regjeringa ei eittårig styrking av løyvinga til fartøyvern med 40 mill. kroner. Når det gjeld geografisk tilhøyring har dei aktuelle fartøya ei god spreiing. Ein tiltakspakke innanfor fartøyvern vil vere eit bidrag til økt aktivitet i verftsnæringa.

Kunnskapsløftet er Riksantikvarens viktigaste satsing for å effektivisere og modernisere kulturminneforvaltninga. Hovudsatsinga i 2016 er å utvikle vidare kulturminneportalen, eit digitalt verktøy som vil innebere at informasjon frå forskjellige kjelder blir tilgjengeleg i same brukarsnitt for regional og lokal forvaltning og eigarar av kulturminne.

Verdsarvsentra er viktige for å auke kunnskapen om verdsarven og å styrkje den lokale forankringa. Det er sett i gang ei fleirårig satsing med sikte på å etablere verdsarvsenter ved alle dei norske verdsarvområda.

Naturmangfald:

Regjeringa foreslår å leggje om erstatningsordninga for tamrein til ei risikobasert ordning som vil byggje på objektive kriterium som sikrar lik behandling i beiteområda. I den nye modellen vil storleiken på erstatninga bli basert på kunnskap om reindrift, rovvilt og risiko for tap.

Bevilgningane til friluftsliv videreførast på same høge nivå som i 2015, då det vart ei auka satsing på friluftsliv. Midlar øremerka Friluftslivets år i 2015 er no fordelte på dei faste ordningane innanfor friluftsliv, og desse er no blitt vesentleg styrkja. Regjeringa tek sikte på å fremje ei ny stortingsmelding om friluftsliv vinteren 2016 som vil innehelde ei rekke tiltak og føringar for å styrkje friluftslivet.

Gjennom budsjettforliket hausten 2014 vart det sett av 25 mill. kroner til arbeidet med kartlegging av norsk natur og etablering av det økologiske grunnkartet. Regjeringa vidarefører denne satsinga. Arbeidet vil føre til meir og betre naturdata framover. Dette er viktig for alle som skal fatte avgjerder som kan ha konsekvensar for natur.

Regjeringa vil iverksette fleire tiltak i merkevare- og besøksstrategien for Noregs nasjonalparkar, og prioriterar midlar til dette i 2016. Tiltaka vil styrke både vern og lokal verdiskaping.

Som følgje av nye reglar om motorferdsle i utmark (blant anna høve til å etablere snøscooterløyper for rekreasjonsføremål) foreslår regjeringa å auke løyvinga til oppsyn og kontroll med motorferdsle i utmark.

Regjeringas satsing på skogvern vidaraførast på om lag same høge nivå som i 2015. Skogvern er eit tiltak som medverker til å ta vare på eit stort antal truga arter og naturtypar i skog.

Regjeringas forslag om å løyve 13 mill. kroner til restaurering av myr vil og ha positiv verknad for naturmangfaldet, da det vil gi betring i økologisk tilstand i dei restaurerte myrene.

Effektivisering m.m:

Regjeringa vil byggje sin politikk på effektiv bruk av fellesskapet sine ressursar. Som i næringslivet er det òg i offentleg forvaltning eit potensial for å bli meir effektiv. Regjeringa har derfor innført ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, og føreset at alle statlege verksemder gjennomfører tiltak for å bli meir effektive. Reforma vil gi insentiv til meir effektiv statleg drift og skapar handlingsrom for prioriteringar i statsbudsjettet. Verksemdene har òg godt høve til å planleggje og gjennomføre tiltak for å effektivisere drifta når reforma er eit årleg krav. Delar av gevinsten frå mindre byråkrati og meir effektiv bruk av pengane blir overførde til fellesskapet i dei årlege budsjetta. Den årlege overføringa er sett til 0,5 pst. av alle driftsutgifter som blir løyvde over statsbudsjettet. For Klima- og miljødepartementet inneber dette reduksjonar på om lag 13,4 mill. kroner på driftspostane.

Vidare er det foreslått reduksjonar i løyvingar til blant anna kalking og verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet for å gi rom til nye satsingar.

4 Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet

For å nå dei nasjonale klima- og miljømåla må alle sektorar i samfunnet medverke. Regjeringa fører ein brei klima- og miljøpolitikk som omfattar alle seks resultatområda omtalt i kapittel 2. Dei ulike sektordepartementa har ansvar for verkemidla innanfor sin sektor, men gjennom den sektorovergripande rolla er Klima- og miljødepartementet koordinator og pådrivar for klima- og miljøvennlege løysingar i alle departementa.

Dette kapittelet samanfattar heilskapen i regjeringas klima- og miljøinnsats, under dette klima- og miljørelevante satsingar i andre departement, og ei omtale av regjeringas prioriteringar innanfor klima.

Miljøpolitikk er ikkje først og fremst løyvingar og budsjettpostar. Arbeid for eit betre miljø omfattar i stor grad avgjerder som ikkje har direkte konsekvensar for statsbudsjettet. Til dømes vil planlegging av arealbruk vere viktig, det same er regulering av tillatne grenseverdiar for forureining. Samtidig er statsbudsjettet eit viktig og betydeleg verkemiddel for å nå miljømåla.

4.1 Klima- og miljørelevante prioriteringar i statsbudsjettet

Klima- og miljøprofilen omfattar innsats på heile miljøområdet, det vil seie innsats for å ta vare på naturmangfaldet og kulturminne- og kulturmiljø, medverke til auka friluftsliv, redusere forureining og dempe klimaendringar og negative effektar av klimaendringane.

Klima- og miljøprofilen i statsbudsjettet syner mellom anna at Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging blir styrkt med 14,25 mrd. kroner. Regjeringa har allereie styrkt fondet med 8,5 mrd. kroner utover klimaforliket. Til saman utgjer dette ei overoppfylling av klimaforliket med 17,75 mrd. kroner.

Det vil bli satsa på opprydding av forureining i Puddefjorden i Bergen, klimatiltak i skog og myr og biogass, i tillegg til at satsinga på miljøteknologiordninga blir ytterlegare styrkt. Innan samferdsel vil det òg bli gjort klima- og miljøvennlege omprioriteringar og regjeringas arbeid med fullskala CO2-handtering held fram, i tillegg til at Energifondet under Enova blir ytterlegare styrkt.

Regjeringa vil halde fram med å sikre langsiktige og klare rammevilkår for næringsliv, kommunar og enkeltmenneske som legg til rette for grøne vegval. For ei samla nærare omtale av dei ulike departementas klima- og miljøpolitikk, sjå kapittel 8 i inneverande proposisjon. Alle departementa har òg ei eiga klima- og miljøomtale i sine respektive proposisjonar.

Tabell 4.1 Viktige prioriteringar i statsbudsjettet for 2016 under Klima- og miljødepartementet (auke frå saldert budsjett 2015)

(i 1 000 kroner)

Utgifter

Opprydding av forureining, under dette Puddefjorden i Bergen

75 000

Kunnskapsløft for lågutsleppsutvikling – kommunal klimagasstatistikk

6 400

Motorferdsel i utmark – oppsyn og kontroll

4 200

Merkevare- og besøksstrategien for Noregs nasjonalparkar

6 000

Strategi for grøn konkurransekraft

5 800

Klimatiltak i skog og myr

28 000

Fartøyvern, eittårig sysselsetjingstiltak

40 000

Oppfølging av biogasstrategien

20 000

Tabell 4.2 Viktige prioriteringar i statsbudsjettet for 2016 med tydeleg klima- og miljøgevinst på andre departement sine område (auke frå saldert budsjett 2015)

(i 1 000 kroner)

Utgifter

Tilskot til vedlikehald av kulturhistoriske bygningar, eittårig sysselsetjingstiltak

KUD

57 000

Nasjonalt program for detaljert digital høgdemodell

KMD

36 000

Miljøteknologiordninga

NFD

134 500

Grøn skipsfart

NFD

40 000

Tiltak for auka karbonopptak i skog

LMD

33 000

Tiltak for gåande og syklande

SD

214 000

Bymiljøavtaler

SD

230 000

Særskilt tilskot til Fornebubana

SD

75 000

Jernbane: nytt dobbeltspor Oslo – Ski

SD

918 719

Jernbaneverket, drift og vedlikehald, under dette:

SD

1 391 374

Fornyingstiltak Vossabana, eittårig sysselsetjingstiltak

SD

150 000

Fornyingstiltak Jærbana, eittårig sysselsetjingstiltak

SD

110 000

Flaum- og skredkartlegging faresoner/betre sikring mot flaum og skred, eittårig sysselsetjingstiltak

OED

100 000

Forskingssentra for fornybar energi

OED

40 000

Auka avkastning frå Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging til:

Fullskala CO2-handtering – vidare studiar/planlegging

OED

80 000

CLIMIT-demo – program for utvikling og demonstrasjon av teknologi for CO2-handtering

OED

30 000

Energifondet under Enova

OED

88 000

Fond

Kapitalinnskot i Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging

OED

14 250 000

Det er gjort vesentlege omprioriteringar innanfor ramma for fleire av sakene. Total løyving til jernbaneformål har gått ned med 206,1 mill. kroner frå 2015 til 2016, hovudsakleg på grunn av eit lågare utgiftsbehov til dei store pågåande investeringsprosjekta.

4.2 Regjeringas prioriteringar innanfor klima

Klima er eit satsingsområde for regjeringa. Klima- og miljødepartementet har det overordna og sektorovergripande ansvaret for nasjonal og internasjonal klimapolitikk, medrekna klimaforhandlingane i FN. I tillegg til eigne verkemiddel, har departementet ei rolle som samordnar og pådrivar overfor sektordepartementa og andre aktørar.

Regjeringa vil føre ein ambisiøs nasjonal klimapolitikk med ei langsiktig omstilling til eit samfunn med låge utslepp innan 2050. Regjeringa følgjer opp Klimaforliket (Innst. 390 S (2011–2012) til Meld. St. 21 (2011–2012)) og har forsterka forliket på fleire område. I februar 2015 la regjeringa fram stortingsmelding om ny utsleppsforplikting for 2030 (Meld. St. 13 (2014 – 2015)).

Regjeringa arbeider for tida med eit forslag om ei klimalov, jf. Stortinget si behandling av Innst. 212 S (2014–2015). I lova skal utsleppsmåla for 2030 og 2050 fastsetjast, og lova skal regulere formålstenlege rapporterings- og styringsmekanismar mellom storting og regjering. I same innstilling har Stortinget bedt om at det blir utarbeidt ei rapportering som viser korleis regjeringa har tenkt å nå klimamåla for 2020, 2030 og 2050, og korleis budsjettet påverkar Noregs klimagassutslepp. Rapporterings- og styringsmekanismar som blir utarbeidde må sjåast i samanheng med klimagassbudsjettet jf. omtale i avsnitt 8.1. Regjeringa vil i lovforslaget kome tilbake med ei vurdering av og forslag til føremålstenleg rapporterings- og styringssystem som følgjer opp Stortinget sitt vedtak og som kan liggje til grunn for klimarapporteringa i dei komande statsbudsjetta. Lovforslaget skal leggjast fram for Stortinget slik at forslaget blir behandla i inneverande stortingsperiode.

I Meld. St. 13 (2014 – 2015) peikte regjeringa ut fem prioriterte innsatsområde i arbeidet med klimapolitikken framover. Desse er reduserte utslepp i transportsektoren, utvikling av lågutsleppsteknologi i industrien og rein produksjonsteknologi, CO2-handtering, styrkje Noregs rolle som leverandør av fornybar energi, og miljøvennleg skipsfart.

Regjeringa vil føre ein offensiv politikk for å medverke til ei grøn omstilling av norsk økonomi og arbeider med ein strategi for grøn konkurransekraft for å ruste Noreg og næringslivet for ei lågutsleppsframtid. Regjeringa oppnemnde i juni 2015 eit ekspertutval som skal føreslå ein overordna strategi for grøn konkurransekraft. Utvalet skal identifisere dei viktigaste globale og regionale endringsprosessane som utgjer drivkrefter og hindringar for den grøne omstillinga fram mot lågutsleppssamfunnet, moglege konsekvensar for Noreg, og svare på spørsmål om kor Noreg har dei beste føresetnadene for å møte desse endringsprosessane. Vidare skal utvalet gi svar på kva som bør vere overordna prioriteringar og tiltak for å utvikle innovasjon og grøn konkurransekraft for Noreg. Utvalets forslag vil bli lagt fram hausten 2016. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ein strategi for grøn konkurransekraft i 2017.

Utsleppa frå norsk landbasert industri har gått ned. Utvikling av ny klimavennleg teknologi kan medverke til at desse utsleppa blir ytterlegare reduserte. Då er det avgjerande å utvikle reinare produksjonsteknologi og satse på teknologiutvikling for å redusere utslepp frå produksjon.

Regjeringa har dei siste åra auka løyvingane til verkemiddelapparatet for å fremje utvikling av ny teknologi. Som ei forsterking av klimaforliket vart kapitalen i Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging auka med 9,25 mrd. kroner i 2014 og 2015. I 2016 vil Regjeringa auke kapitalen i fondet med ytterlegare 14,25 mrd. kroner. Avkastinga frå fondet er ei viktig finansieringskjelde for Enova, i tillegg til andre særskilte klimasatsingar. Enova fremjer miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon, og har satsingar knytte til reduserte klimagassutslepp i bygg, industri og transport. I tillegg fremjer Enova utvikling av ny energi- og klimateknologi. Miljøteknologiordninga i Innovasjon Norge er for 2016 foreslått auka med 134,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett for 2015, til totalt 464,5 mill. kroner. Av auken er 100 mill. kroner ein del av regjeringas ekstraordinære eittårige tiltakspakke for å møte situasjonen på arbeidsmarknaden.

Regjeringa har ein ambisjon om å realisere minst eitt fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-handtering innan 2020. I samband med 2015-budsjettet la Regjeringa fram ein strategi for CO2-handtering, sjå Prop. 1 S (2014–2015) for Olje- og energidepartementet. Strategien presenterer eit breitt spekter av aktivitetar innanfor forsking og utvikling, fullskala demonstrasjon i Noreg og internasjonal satsing på CO2-handtering. For 2016-budsjettet foreslår regjeringa at 80 mill. kroner av den auka avkastninga i Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging blir sett av til vidare kartlegging av høve til fullskala CO2-handtering (moglegheitsstudiar) i Noreg, og at 30 mill. kroner blir løyvd til CLIMIT-demo. CLIMIT-demo er det offentlege støtteprogrammet for FoU og demonstrasjon av teknologiar for fangst og lagring av CO2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri. For nærare omtale av regjeringas oppfølging av strategien og kartlegging av moglege fullskalaprosjekt i Noreg, sjå Prop. 1 S (2015–2016) for Olje- og energidepartementet.

Det er eit mål at den eksisterande forskingsinnsatsen på klimaområdet blir innretta slik at den gir auka kunnskap om korleis vekst i og rundt byane kan kombinerast med lågare utslepp av klimagassar, og at forskingsinnsatsen samtidig kan medverke positivt på viktige område som næringsliv, helse, energi, transport og miljø. Slik forsking bør vere tverrfagleg og fremje samarbeid på tvers av aktuelle fagmiljø. I 2016 foreslår regjeringa å styrkje løyvinga til forskingssentra for miljøvennleg energi (FME-sentra) med 40 mill. kroner, sjå Prop. 1 S (2015–2016) for Olje- og energidepartementet.

Kommunane har viktige roller og verkemiddel i sektorar som er ansvarlege for store klimagassutslepp. Dei er mellom anna tenesteytarar, styresmakter, innkjøparar og eigarar. Ein føresetnad for eit samfunn med låge utslepp er at kommunane òg medverkar til å redusere utsleppa i den enkelte kommunen. Dei siste åra har det ikkje vore publisert statistikk over klimagassutslepp på kommunenivå. Regjeringa foreslår å løyve 6,4 mill. kroner i 2016 til utvikling av slik statistikk.

Petroleumsverksemda er underlagt både CO2-avgift og kvoteplikt. Utbyggjarane på sokkelen må òg vurdere kraft frå land som energiløysing for nye felt og ved større ombyggingar av eksisterande felt. Stortinget har i 2015 behandla plan for utbygging og drift av Johan Sverdrup-feltet. I Stortingets vedtak er det stilt vilkår om at rettshavarane på Johan Sverdrup-feltet seinast i 2022 skal etablere ei områdeløysing for kraft frå land som skal dekkje heile kraftbehovet til felta Johan Sverdrup, Edvard Grieg, Ivar Aasen og Gina Krogh.

Store klimagassutslepp er knytte til produksjon og bruk av energi. Regjeringa har gitt konsesjon til nye kraftkablar til Tyskland og Storbritannia. Dei nye kablane er viktige for verdien av norske fornybarressursar, og vil gi eit viktig bidrag til ei effektiv energiforsyning basert på kraftproduksjon med låge klimagassutslepp på kontinentet.Regjeringa har òg lagt fram nye avskrivingsreglar for vindkraft.

Regjeringa har i 2015 hatt nye energikrav i byggteknisk forskrift på høyring og tek sikte på at nye krav kan gjelde frå 1. januar 2016. Regjeringa følgjer med dette opp Klimaforlikets punkt om å skjerpe krava til passivhusnivå i 2015. I klimaforliket bad Stortinget regjeringa om å innføre eit forbod mot fyring med fossil olje i hushalda og som grunnlast i andre bygg i 2020. Det blir no arbeidd med eit utkast til forskrift. KLD har utarbeidd ein heilskapleg plan for utfasing av oljefyr i statlege bygningar basert på innrapportering frå departementa, sjå kapittel 9.

Reduserte utslepp i transportsektoren er eit prioritert innsatsområde for regjeringa. I budsjettframlegget for 2016 blir det gjennomført tiltak for å auke godstransport på bane (kapasitetsaukande tiltak på Ofotbana, beredskapsterminalar og auka vedlikehald) og på sjø (reduserte sektoravgifter). Vidare er det ein kraftig auke i sykkelsatsinga. Av klimaforliket går det fram at avgiftsfordelane for nullutsleppsbilar skal førast vidare ut 2017, så framt talet på reine nullutsleppsbilar ikkje overstig 50 000. Talet på elbilar passerte 50 000 i april 2015. Regjeringa varsla i revidert nasjonalbudsjett for 2015 at avgiftsfordelane likevel blir førte vidare ut 2017, og deretter fasa ut gradvis. I tillegg er det frå 1. juli 2015 innført fritak for meirverdiavgift for leige av elbilar og omsetjing av batteri til elbilar.

I revidert nasjonalbudsjett for 2015 vart det òg slått fast enkelte prinsipp for køyretøyavgiftene basert på ein heilskapleg gjennomgang. CO2-komponenten i eingongsavgifta skal aukast og vere progressiv, og NOx-komponenten skal òg aukast. Avgiftsunntaka for alternative drivstoff skal evaluerast i 2020.

Ifølgje klimaforliket skal omsetjingskravet for biodrivstoff aukast til 5 pst., føresett at berekraftskriteria er tilfredsstillande. Berekraftskriterium vart innførte frå 1. januar 2014. Frå 1. oktober 2015 er omsetjingskravet auka frå 3,5 til 5,5 pst. Frå same tidspunktet er biodrivstoff utanfor omsetjingskravet ikkje omfatta av vegbruksavgift. I juli 2015 vedtok EU eit direktiv om endringar i berekraftskriteria, hovudsakleg for å avgrense utslepp frå indirekte arealbruksendringar grunna biodrivstoff produsert frå matvekstar (ILUC-direktivet). Direktivet vil bli vurdert teke inn i EØS-avtala.

I dei nye retningslinjene frå mai 2015 for transportetatane og Avinor sitt arbeid med grunnlagsmateriale for Nasjonal transportplan (NTP) for 2018 – 2029 går det fram i punkt 3 at grunnlaget for prioriteringane i NTP er samfunnsøkonomisk lønnsemd. Etatene og Avinor skal i plangrunnlaget syne og drøfte korleis prioriteringsforslaga påverkar oppnåinga av dei politiske måla i målstrukturen. Det skal også utarbeidast eit alternativ der det utelukkande blir lagt vekt på omstilling til lågutsleppssamfunnet, kalla klimastrategien. Dette er nytt. I klimaforliket er det sett mål om nullvekst for personbiltransport i storbyområda. I retningslinjene er dette målet utvida til byområda.

Regjeringa vil stimulere til grøn vekst for maritim næring, auka bruk av miljøteknologiske løysingar og meir miljøvennleg drivstoff for skip. Ei rekkje tiltak vart lagde fram i Maritim strategi i mai 2015. Regjeringa er i gang med å setje krav til lågutslepps- og nullutsleppsteknologi i ferjeanbod når dette er mogleg. I statsbudsjettet for 2016 foreslår regjeringa å redusere avgifta for elektrisk kraft som blir levert frå land til skip i næringsverksemd frå 14,50 til 0,475 øre per kWh, jf. Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter og avgifter 2016. Regjeringa foreslår òg å løyve 40 mill. kroner til grøn fornying av norsk nærskipsfartsflåte gjennom Innovasjon Norge, jf. Prop. 1 S (2015–2016) frå Nærings- og fiskeridepartementet. I tillegg rettar Enova seg mot maritim sektor for å støtte investeringar i klimatiltak. Sjå òg omtala under 1422 Miljøvennleg skipsfart i kapittel 7 i proposisjonen her.

Regjeringa la hausten 2014 fram ein nasjonal, tverrsektoriell biogasstrategi. I oppfølginga av strategien vart det våren 2015 lyst ut 10 mill. kroner til pilotanlegg og forsking på biogass gjennom Innovasjon Norge. Ordninga blir foreslått styrkt til 20 mill. kroner i 2016. Gjennom jordbruksoppgjeret vart leveringsstøtta for husdyrgjødsel til biogassanlegg dobla til 60 kroner pr. tonn. I revidert nasjonalbudsjett 2015 vart det foreslått ei støtteordning for kollektivtransport som nyttar biogass, i påvente av at regjeringa skulle komme tilbake med eit forslag til vegbruksavgift på naturgass og LPG. Frå 1. januar 2016 blir denne støtteordninga erstatta av at det blir innført vegbruksavgift på naturgass og LPG, samtidig som biogass framleis ikkje er omfatta av vegbruksavgift. Sjå Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter og avgifter 2016.

I 2015 starta regjeringa ei treårig pilotordning for skogplanting på nye areal som klimatiltak. Ordninga blir ført vidare på same nivå i 2016. Regjeringa startar òg ei ordning med gjødsling av skog som klimatiltak og styrkjer ordninga med planteforedling over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. Departementet vil òg starte opp ei ordning for å auke plantetettleiken på eksisterande skogareal. Dette er ei direkte oppfølging av punkt i klimaforliket. Når det gjeld punktet i klimaforliket om forbod mot hogst av ungskog, vil regjeringa gjere ei vurdering av dette straks etter at den pågåande revisjonen av Norsk PEFC skogstandard er avslutta i oktober. I 2015 starta regjeringa eit treårig pilotprosjekt for restaurering av myr i verneområde. Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet har òg starta eit arbeid med å utarbeide ein plan for restaurering av myr i perioden 2016–2020. Regjeringa aukar løyvinga til restaurering av myr i 2016 til 13 mill. kroner. Tiltaket er ei forsterking av klimaforliket.

Ei nærare beskriving av verkemiddel og satsingar på andre departement sine område, og klimagassbudsjett, finst i del III i kapittel 8.

Regjeringa sin politikk nasjonalt må sjåast i samanheng med Noregs internasjonale forpliktingar og satsingar. Dette er omtalt i del II, under programkategori 12.20. Klima- og skogsatsinga er Noregs største internasjonale klimasatsing, og er saman med kjøp av klimakvotar regjeringa sitt viktigaste bidrag til å redusere utslepp i utviklingsland. Som ei oppfølging av Stortingets klimaforlik styrkte regjeringa klima- og skogsatsinga i 2015 slik at den for første gong nådde 3 mrd. kroner. Satsinga blir ført vidare på dette nivået i 2016.

Det blir foreslått å løyve 270 mill. kroner til kjøp av FN-godkjende klimakvotar i 2016. Stortinget har gitt Klima- og miljødepartementet fullmakt til å inngå avtaler om kvotekjøp som bind staten til utbetalingar i 2016 og seinare år, med sikte på levering av 60 mill. kvotar i perioden 2013 – 2020. Fullmakta for 2015 er på 2 mrd. kroner. Forslaget til løyving i 2016 skal dels gå til kontraktsfesta betalingar for avtalar som allereie er inngått eller blir inngått i 2015 under fullmakter Stortinget har gitt departementet. Det er òg innarbeidd eit overslag over utbetalingar under nye kontraktar som er planlagt inngått i 2016, og som er nødvendig for å sikre at Noreg oppfyller sine skyldnader under Kyotoavtala. For nærare omtale sjå kapittel 7, under programkategori 12.70.

Samtidig med at regjeringa arbeider med å redusere klimagassutsleppa, må samfunnet førebuast på og tilpassast til dei klimaendringane som uansett kjem. Klimatilpassing og forsking er nærare omtalt under programkategori 12.20.

5 Oversiktstabellar

5.1 Merknader til budsjettframlegget

Regjeringa foreslår ei samla løyving til Klima- og miljødepartementet på 8 892,456 mill. kroner på utgiftssida og 2 197, 420 mill. kroner på inntektssida.

5.2 Utgifter

Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

1400

Klima- og miljødepartementet

468 513

450 136

448 979

-0,3

1406

Miljøvennleg skipsfart

4 109

5 107

-100,0

1408

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

12 706

14 187

-100,0

1409

Mareano

24 926

27 334

-100,0

1410

Miljøforsking og miljøovervaking

643 309

660 019

679 899

3,0

Sum kategori 12.10

1 153 563

1 156 783

1 128 878

-2,4

Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

1420

Miljødirektoratet

2 849 957

2 848 862

3 346 178

17,5

1422

Miljøvennleg skipsfart

5 229

1423

Radioaktiv forureining i det ytre miljø

14 308

1424

Mareano

27 986

1425

Vilt- og fisketiltak

76 782

77 429

80 576

4,1

Sum kategori 12.20

2 926 739

2 926 291

3 474 277

18,7

Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

1429

Riksantikvaren

571 387

563 969

601 188

6,6

1432

Norsk kulturminnefond

125 030

75 444

77 244

2,4

Sum kategori 12.30

696 417

639 413

678 432

6,1

Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

1471

Norsk Polarinstitutt

296 952

280 252

269 107

-4,0

1472

Svalbard miljøvernfond

15 004

14 638

14 638

0,0

1474

Fram - Nordområdesenter for klima- og miljøforsking

52 214

52 153

52 153

0,0

Sum kategori 12.60

364 170

347 043

335 898

-3,2

Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

1481

Klimakvotar

40 609

10 237

279 218

2 627,5

1482

Internasjonale klima- og utviklingstiltak

3 433 919

2 992 612

2 995 753

0,1

Sum kategori 12.70

3 474 528

3 002 849

3 274 971

9,1

5.3 Inntekter

Inntekter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

4400

Klima- og miljødepartementet

8 115

2 022

2 080

2,9

Sum kategori 12.10

8 115

2 022

2 080

2,9

Inntekter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

4420

Miljødirektoratet

136 296

86 150

144 976

68,3

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

90 200

90 666

93 741

3,4

Sum kategori 12.20

226 496

176 816

238 717

35,0

Inntekter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

4429

Riksantikvaren

8 835

5 323

5 477

2,9

Sum kategori 12.30

8 835

5 323

5 477

2,9

Inntekter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

4471

Norsk Polarinstitutt

90 352

80 199

82 111

2,4

5578

Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet

15 004

14 650

14 650

0,0

Sum kategori 12.60

105 356

94 849

96 761

2,0

Inntekter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel

(i 1 000 kr)

Kap.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

4481

Sal av klimakvotar

28

335 500

1 854 385

452,7

Sum kategori 12.70

28

335 500

1 854 385

452,7

Utgifter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

01 – 01

Driftsutgifter

1 458 563

1 261 133

1 271 014

0,8

11 – 25

Varer og tenester

838 623

918 203

1 223 501

33,2

30 – 49

Nybygg, anlegg m.v.

543 554

433 178

483 576

11,6

50 – 59

Overføringar til andre statsrekneskaper

576 938

522 559

539 323

3,2

60 – 69

Overføringar til kommunar

33 080

59 620

157 355

163,9

70 – 89

Overføringar til private

5 164 659

4 877 686

5 217 687

7,0

Sum under departementet

8 615 417

8 072 379

8 892 456

10,2

Inntekter fordelte på postgrupper

(i 1 000 kr)

Post-gr.

Nemning

Rekneskap 2014

Saldert budsjett 2015

Forslag 2016

Pst. endr. 15/16

01 – 29

Sal av varer og tenester m.v.

244 164

509 194

2 089 029

310,3

50 – 91

Skattar, avgifter og andre overføringar

105 204

105 316

108 391

2,9

Sum under departementet

349 368

614 510

2 197 420

257,6

Oversikt over bruk av stikkordet «kan overførast»

**Under Klima- og miljødepartementet blir stikkordet foreslått knytta til desse postane utanom postgruppe 30 – 49

(i 1 000 kr)

Kap.

Post

Nemning

Overført til 2015

Forslag 2016

1400

65

Områdesatsing i byar

10 290

1400

74

Tilskot til AMAP

4 116

1400

76

Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak

48 305

1420

23

Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd

142 898

1420

69

Oppryddingstiltak

135 568

1420

70

Tilskott til vassmiljøtiltak

23 255

1420

73

Tilskot til rovvilttiltak

70 051

1420

78

Friluftsformål

137 821

1420

79

Oppryddingstiltak

650

1420

81

Verdsarvområde, kulturlandskap og verdiskaping naturarv

26 261

1420

82

Tilskot til truga arter og naturtypar

54 989

1420

85

Naturinformasjonssenter

55 278

1424

21

Spesielle driftsutgifter

27 986

1425

70

Tilskot til fiskeformål

11 000

1425

71

Tilskot til viltformål

30 600

1429

70

Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne

30 164

1429

71

Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap

122 015

1429

72

Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne

51 545

1429

73

Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring

45 952

1429

74

Tilskot til fartøyvern

101 883

1429

75

Tilskot til fartøyvernsenter

7 757

1429

79

Tilskot til verdsarven

42 036

1471

21

Spesielle driftsutgifter

67 667

1474

50

Tilskot til statlege mottakarar

24 153

1474

70

Tilskot til private mottakarar

28 000

1481

01

Driftsutgifter

8 928

1481

22

Kvotekjøp, generell ordning

270 000

1481

23

Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser

290

1482

73

Klima- og skogsatsinga

2 901 898

6 Om oppfølging av oppmodingsvedtak frå Stortinget

Vedtak nr. 43, 1. desember 2014

Ved behandling av tillegginnstilling fra finanskomiteen Innst. 2 S Tillegg 1 (2014 – 2015), jf Meld. St. 1 (2014 – 2015), Prop. 1 S (2014 – 2015) og Prop. 1 S Tillegg 1 – 3 (2014 – 2015) fattet Stortinget følgende vedtak, innstillingens tilråding romtertall VI:

Stortinget ber Regjeringa lage ein heilskapleg plan for utfasing av fossil grunnlast i alle statlege bygg.

«Regjeringens planer for utfasing presenteres i Prop. 1 S (2015 – 2016) fra Klima- og miljødepartementet.»

Vedtak nr. 44, 1. desember 2014

Ved behandling av tillegginnstilling fra finanskomiteen Innst. 2 S Tillegg 1 (2014 – 2015), jf Meld. St. 1 (2014 – 2015), Prop. 1 S (2014 – 2015) og Prop. 1 S Tillegg 1 – 3 (2014 – 2015) fattet Stortinget følgende vedtak, innstillingens tilråding romtertall VII:

Stortinget ber regjeringa leggje fram ein nasjonal handlingsplan for naturmangfald som ei stortingsmelding.

«Regjeringen tar sikte på å legge fram en melding for Stortinget innen utgangen av 2015.»

Vedtak nr. 379, 3. februar 2015

Dok. 8:55 S (2014 – 2015) Innst. 145 S (2014 – 2015), innstillingens tilråding romtertall I

Stortinget ber regjeringa å leggje til rette for å tillate bruk av blyhagl til jakt utanfor våtmarksområde og skytebaner.

«Regjeringen vil redegjøre for oppfølging av vedtaket i Prop. 1 S (2015 – 2016) fra Klima- og miljødepartementet.»

Vedtak nr. 380, 3. februar 2015

Dok. 8:55 S (2014 – 2015) Innst. 145 S (2014 – 2015), innstillingens tilråding romtertall II

Stortinget ber regjeringa følgje utviklinga i bruk av blyhagl, og innhente meir kunnskap om dei helsemessige konsekvensane ved bruk av blyhagl på jakt.

«Regjeringen vil redegjøre for oppfølging av vedtaket i Prop. 1 S (2016 – 2017) fra Klima- og miljødepartementet.»

Vedtak nr. 382, 3. februar 2015

Dok. 8:87 S (2014 – 2015) Innst. 146 S (2014 – 2015), innstillingens tilråding romtertall I

Stortinget ber regjeringa utarbeide ein handlingsplan for ein giftfri kvardag. Handlingsplanen må inkludere tiltak mot miljøgifter både nasjonalt og internasjonalt, tiltak for auka tilsyn og kontroll, forbrukarinformasjon og bransjedialog.

«Regjeringen arbeider med en handlingsplan om miljøgifter som forventes lagt frem innen utgangen av 2015. Handlingsplanen vil bli omtalt i Prop. 1 S (2016 – 2017) fra Klima- og miljødepartementet.»

Vedtak nr. 383, 3. februar 2015

Dok. 8:104 S (2014 – 2015) Innst. 146 S (2014 – 2015), innstillingens tilråding romtertall II

Stortinget ber regjeringa arbeide for snarast mogleg internasjonal regulering og forbod mot dei farlegaste ikkje-regulerte giftstoffa i produkt tilgjengelege i Noreg, basert på oppdaterte faglege anbefalingar frå Miljødirektoratet. I tillegg ber ein regjeringa om å arbeide internasjonalt for at alle produkt som inneheld skadelege kjemikaliar, skal ha ein innhaldsdeklarasjon som viser kva slag stoff og mengda av desse som produkta inneheld.

«Regjeringen vil redegjøre for oppfølging av vedtaket i Prop. 1 S (2016 – 2017) fra Klima- og miljødepartementet.»

Vedtak nr. 387, 3. februar 2015

Dok. 8:10 S (2014 – 2015) Innst. 147 S (2014 – 2015), innstillingens tilråding romtertall I

Stortinget ber regjeringa leggje fram eit lovforslag som forbyr bruk av fossil olje til oppvarming i hushald og til grunnlast i andre bygg. Regjeringa blir òg beden om å vurdere å utvide forbodet til også å omfatte topplast.

«Regjeringen arbeider med en forskrift om forbud mot fyring med fossil olje i husholdninger og til grunnlast i øvrige bygg. Det vil senere bli vurdert å utvide forbudet til også å omfatte topplast.»

Vedtak nr. 475, 24. mars 2015

Dok. 8:32 S (2014 – 2015) Innst. 212 S (2014–2015), innstillingens tilråding romtertall I

Stortinget ber regjeringa fremje eit lovforslag for Stortinget der dei nasjonale utsleppsmåla i 2030 og 2050 blir fastsette. Lovforslaget skal regulere føremålstenlege rapporterings- og styringsmekanismar mellom storting og regjering på klimaområdet. Lovforslaget må leggjast fram for Stortinget slik at forslaget blir behandla i denne stortingsperioden.

«Regjeringen utarbeider et høringsnotat med forslag til lovtekst og motiver, som sendes på alminnelig høring i tide, slik at en lovproposisjon kan fremmes for Stortinget og bli behandlet i inneværende stortingsperiode.»

Vedtak nr. 476, 24. mars 2015

Dok. 8:32 S (2014 – 2015) Innst. 212 S (2014–2015), innstillingens tilråding romtertall II

Stortinget ber regjeringa gjennomgå eksisterande lovgiving som kan ha betydning på klimaområdet, og eventuelt foreslå, der det blir sett på som føremålstenleg for klimaarbeidet, ei samordning og overbygging av lovgivinga på klimaområdet, i samband med lovforslaget der dei nasjonale utsleppsmåla i 2030 og 2050 er fastsette.

Klima- og miljødepartementet uttaler i brev av 9. september 2015:

«Regjeringen vil vurdere punktet i forbindelse med utarbeidelse av et lovforslag om klimalov, jf. oppfølging av vedtak nr. 475.»

Vedtak nr. 478, 24. mars 2015

Dok. 8:32 S (2014 – 2015) Innst. 212 S (2014–2015), innstillingens tilråding romtertall III

Stortinget ber regjeringa rapportere i dei årlege budsjetta korleis Noreg kan nå klimamåla for 2020, 2030 og fram mot 2050, og korleis budsjettet påverkar Noregs klimagassutslepp, i samband med ny klimalov.

«Punktet er delvis overlappende med vedtak nr. 475, som angår hensiktsmessig rapportering, og blir utredet og vurdert i forbindelse med utarbeidelse av lovforslag om klimalov, jf. oppfølging av vedtak nr. 475, og i forbindelse med kommende statsbudsjetter for den del som angår rapportering i de årlige budsjetter.»

Vedtak nr. 507, 28. april 2015

Dok. 8:30 S (2014 – 2015) Innst. 231 S (2014 – 2015), innstillingens tilråding romtertall III

Stortinget ber regjeringa sikre ein saksbehandling av GMO-saker som i praksis inneber at kvar GMO blir vurdert opp mot genteknologilova, og som avklarer om det skal leggjast ned forbod før GMO-en eventuelt blir lovleg å omsetje i Noreg.

«Regjeringen vil høsten 2015 gjennomgå nåværende saksbehandlingsrutiner med sikte på revidering og effektivisering. En måte å gjøre dette på er å etablere en saksbehandlingspraksis som leder til nasjonale vedtak umiddelbart etter at EU har fattet sin beslutning. Dette stiller krav til mer effektiv saksbehandling og involvering av norske fagmiljøer og rådgivende instanser parallelt med saksbehandlingen i EU.
Resultatet av denne gjennomgangen blir presentert i revidert nasjonalbudsjett 2016 eller i Klima- og miljødepartementets budsjettproposisjon for 2017.»

Vedtak nr. 536, 7. mai 2015

Prop. 35 L (2014 – 2015) Innst. 253 L (2014 – 2015), innstillingens tilråding romtertall B I

Stortinget ber regjeringa om å gjennom forskrift å gi kommunane høve til å tillate bruk av snøskuter på vinterføre til nødvendig søk etter skada storvilt utanom jakt, når søket skjer i regi av kommunen.

«Vedtaket er fulgt opp ved vedtakelse av ny bokstav j i forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag § 3, jf. forskrift 19. juni 2015 nr. 722»

Vedtak nr. 537 7. mai 2015

Prop. 35 L (2014 – 2015) Innst. 253 L (2014 – 2015), innstillingens tilråding romtertall B II

Stortinget ber regjeringa om å gjennom forskrift gi kommunane høve til å gi løyve til bruk av motorkøyretøy på vinterføre til transport av personar, materiell og utstyr i samband med utmarksnæring, etter søknad.

«Regjeringen planlegger i løpet av høsten 2015 å sende på høring forslag om endringer i forskrift om bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag § 5a vedrørende transport på vinterføre. Transport av materiell, utstyr mv. kan tillates etter søknad innenfor dagens regelverk. I høringsforslaget vil det bli foreslått adgang til å tillate persontransport avgrenset til kjøring etter bestemte traseer og til bestemte mål. Krav om bestemte traseer og mål er nødvendig for å unngå tillatelse til ren frikjøring, som det er bred politisk enighet om at ikke er ønskelig.»

Vedtak nr. 538, 7. mai 2015

Prop. 35 L (2014 – 2015) Innst. 253 L (2014 – 2015), innstillingens tilråding romtertall B III

Stortinget ber regjeringa om gjennom forskrift å gi kommunane høve til å tillate bruk av snøskuter på vinterføre for tilsyn med jervebåsar.

«Regjeringen har fulgt opp anmodningen ved vedtakelse av ny § 5b i forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag, jf. forskrift 19. juni 2015 nr. 722 og forskrift 14. juli 2015 nr. 898.»

Vedtak nr. 539, 7. mai 2015

Prop. 35 L (2014 – 2015) Innst. 253 L (2014 – 2015), innstillingens tilråding romtertall B IV

Stortinget ber regjeringa om å syte for at i sentrale område for kalving og flytting av tamrein skal snøskuterløyper vere stengt om våren etter 25. april.

«Regjeringen har fulgt opp anmodningen ved vedtakelse av ny § 4a i forskrift for bruk av motorkjøretøyer i utmark og på islagte vassdrag, jf. forskrift 19. juni 2015 nr. 722.»

Vedtak nr. 574, 2. juni 2015

Dok. 8: (2014 – 2015) Innst. 146 S (2014 – 2015) Innst. 301 S (2014 – 2015), innstillingens tilråding romtertall III

Stortinget ber regjeringa om å leggje fram ei sak for Stortinget med tiltak for å redusere svevestøv og anna luftforureining til nye grenseverdiar og vidare til eit trygt nivå – i tråd med Miljødirektoratets tilrådingar til nasjonale mål i brev av 28. februar 2014. Tiltaka må utarbeidast i tett samarbeid med aktuelle kommunar.

«Regjeringen vil komme tilbake til Stortinget gjennom stortingsmelding eller i Klima- og miljødepartementets budsjettproposisjon for 2017.»

Vedtak nr. 576, 2. juni 2015

Dok. 8:80 S (2014 – 2015), Innst. 300 S (2014 – 2015), innstillingens tilråding romtertall I

Stortinget ber regjeringa om å stille krav om at dei ulike alternativa for deponiløysing blir konsekvensutgreidde, slik at alle relevante faglege vurderingar kjem fram før det blir fatta avgjerd ved nye søknader om løyve til mineralsk aktivitet.

«Regjeringen vil redegjøre for oppfølging av vedtaket i Prop. 1 S (2016 – 2017) fra Klima- og miljødepartementet.»

Vedtak nr. 577, 2. juni 2015

Dok. 8:80 S (2014 – 2015), Innst. 300 S (2014 – 2015), innstillingens tilråding romtertall II

Stortinget ber regjeringa om å setje i gang eit arbeid for å utgreie høva til å redusere deponeringsbehovet ved framtidig utvinning av mineralressursar.

«Regjeringen vil redegjøre for oppfølging av vedtaket i Prop. 1 S (2016 – 17) fra Klima- og miljødepartementet.»

Vedtak nr. 579, 2. juni 2015

Dok. 8:80 S (2014 – 2015), Innst 300. S (2014 – 2015). Stortinget vedtok dessuten følgende anmodning:

Stortinget ber regjeringa sjå til at miljøfaglege råd er grunnlaget for ei heilskapleg avgjerd når endeleg utsleppsløyve blir gitt i samband med utvinning av mineralressursar, og at denne sikrar berekraftig utvikling og ikkje utarmar miljø og/eller ressursgrunnlaget over tid.

«Regjeringen vil redegjøre for oppfølging av vedtaket i Prop. 1 S (2016 – 2017) fra Klima- og miljødepartementet.»

Vedtak nr. 733, 18. juni 2015

Meld. St. 20 (2014 – 2015) Innst. 383 S (2014 – 2015)

Stortinget sender Meld. St.20(2014 – 2015) tilbake til regjeringa og har den 18. juni 2015 vedteke ei oppmoding til regjeringa om å setje i gang eit arbeid med ordinær heilskapleg revidering av forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten, og komme tilbake til Stortinget med denne.

«Regjeringen vil starte arbeidet med det faglige grunnlaget for revidering av forvaltningsplanene for Barentshavet og havområdene utenfor Lofoten og fremme en melding til Stortinget om revidering av forvaltningsplanen i 2020.»

Oppmodingsvedtak frå stortingssesjonen 2013 – 2014 (jf Meld St 4 (2014 – 2015) om oppmodingsvedtak i stortingssesjonen 2013 – 2014, Innst. 128 S)

Vedtak nr. 473, 12. juni 2014

Stortinget ber regjeringa i samband med arbeidet med framtidige klimamål, og i samband med vurdering av det føremålstenlege av ei klimalov, vurdere nærare korleis kontroll og overvaking av måloppnåing i klimapolitikken kan gjennomførast.

«Vedtaket blir fulgt opp i forbindelse med utarbeidelse av forslag til klimalov i tråd med Stortingets vedtak 475. 476 og 478, 24. mars 2015, jf. Innst. 212 S (2014 – 2015) fra Energi- og miljøkomiteen.»
Til forsida