Del 2
Klima- og miljødepartementets budsjett for 2016
7 Omtale av kapittel og post
Programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.
Hovudinnhald og prioriteringar
Utgiftene under programkategori 12.10 kan førast tilbake til alle resultatområda. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet medrekna tilskot som blir behandla i departementet og løyvingar til forsking og overvaking. Delar av løyvingane kan bli stilte til disposisjon for etatane som er underlagt departementet når det er naturleg at etatane utfører oppgåvene.
Internasjonalt arbeid
Multilateralt klima- og miljøsamarbeid
Mange FN-organ er viktige aktørar i det globale arbeidet med miljø- og klimaspørsmål. Noreg er ein viktig bidragsytar til organisasjonane og programma som har miljø som kjerneoppgåve. Noreg gir dessutan tilleggsmidlar for å styrkje arbeidet med miljø- og klimaspørsmål og har ein fortløpande dialog med institusjonane om integrering av miljøomsyn i verksemda deira. Noreg har følgt opp Rio+20-vedtaket om å styrkje FNs miljøprogram (UNEP). Noreg skal i 2016 legge vekt på å styrkje UNEP og vil delta aktivt på UNEA-2 som vil ha miljø og helse som hovudtema. Frå norsk side vil vi ha spesielt merksemd på områda havforsøpling og mikroplast, luftforureining, miljøkriminalitet og UNEPs rolle som kunnskapsleverandør. Noreg er også ein sentral bidragsytar til FNs program for å redusere utslipp gjennom avskoging og skogdegradering i utviklingssland (UNREDD).
FNs universelle berekraftsmål vart vedtekne i september i år. Måla skapar forventningar om at både land og internasjonale organisasjonar skal betra integreringa av dei tre dimensjonane av berekraft – økonomiske, sosiale og miljømessige omsyn – på dei fleste samfunnsområde. Måla kan såleis gi drahjelp til det globale grøne skiftet, og fremje heilskapleg tenking over silotilnærming. Arbeidet med å utvikle indikatorar og format på rapportering og overvakingssystem for måla held fram i 2016. Oppgåva med årleg å følgje opp gjennomføringa av berekraftsmåla er lagt til FNs høgnivåforum for berekraftig utvikling (HLPF), og kvart fjerde år skal verdas leiarar få ei særskilt oversikt over framdrifta og område som krev større innsats.
Den globale miljøfasiliteten (GEF), støttar tiltak som skal medverke til å betre det globale miljøet. GEF er ein finansieringsmekanisme for dei globale miljøkonvensjonane og har særskilt høve til å sjå ulike miljøproblem under eitt. Investeringsbehovet er framleis mange gonger større enn GEF-midlane, og det er derfor viktig å bruke desse midlane til å skape størst mogleg spreiingseffekt og inspirere andre aktørar, som til dømes Det grøne klimafondet. GEF legg vekt på innovative tilnærmingar til miljø på dei viktigaste sektorane, og ligg i front med utviklinga av tre breie, integrerte program som Noreg stør opp om; berekraftig byutvikling, avskogingsfrie råvarekjeder og økosystembasert program for mattryggleik sør for Sahara. Programma er òg klart relevante for gjennomføring av dei universelle berekraftsmåla.
For omtale av Noregs hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet, sjå programkategori 12.20 i del I.
Medverknad i EU-samarbeidet og effektiv gjennomføring av EØS-rettsakter
Klima- og miljødepartementet har som mål å medverke til ein ambisiøs klima- og miljøpolitikk i EU. I EUs miljøstrategi, det såkalla 7. miljøhandlingsprogrammet med tittelen «Et godt liv i en ressursbegrenset verden», går det klart fram at Europas økonomiske og sosiale framgang er uløyseleg knytt til miljøet. Miljøpolitikk skapar òg økonomiske moglegheiter og i EUs strategi for berekraftig vekst og auka sysselsetjing, Europa 2020-strategien, har miljø ein sentral plass. Horisontal samordning mellom ulike sektorar er vektlagt i organiseringa av Europakommisjonen og dette gjenspeiles i forslag som Kommisjonen fremmer.
KLD fører ein aktiv politikk for tidleg påverknad av prioriterte miljøsaker. Arbeidet blir følgt opp gjennom skriftlege innspel og møte med sentrale aktørar i EU. Ein annan viktig kanal for medverknad er deltaking i såkalla «venne-grupper». Noreg er med i REACH UP-gruppa på kjemikaliar og Green Growth Group (GGG) på klima saman med dei EU-landa som ønskjer ein ambisiøs klima- og kjemikaliepolitikk. I tillegg deltek norsk miljøforvaltning i om lag hundre av Kommisjonens ekspertgrupper og komitear.
Noreg er medlem i Det europeiske miljøbyrået (EEA) og i Det europeiske kjemikaliebyrået (ECHA). Miljøbyråa er ei viktig informasjonskjelde for alle som er med å utforme, vedta, setje i verk og evaluere miljøpolitikk. Gjennom EØS-avtalen er Noreg og medlem av EUs program Copernicus, som etablerer omfattande overvaking av miljø globalt, regionalt og nasjonalt, ikkje minst i havområda og i Arktis.
Enkelte sentrale miljøpolitiske område er ikkje omfatta av EØS-avtala. Det gjeld naturvern og forvaltning av naturressursar, og landbruk og fiskeri, men Noreg og EU er tett bundne saman gjennom EUs indre marknad. Nye forslag og omlegging i EUs politikk får stor betydning for norsk politikk. Noreg innlemmar kvart år ei rekkje EØS-rettsakter i norsk lov som regulerer miljø- og klimapolitikken.
Ved å delta gjennom heile prosessen sikrar vi ein grundig gjennomgang og vurdering av forslag til nye EU-rettsakter og moglege konsekvensar av gjennomføring før regelverket eventuelt blir teke inn i EØS-avtala.
Nordisk samarbeid og EØS-midlane er òg ein del av miljøforvaltninga sitt EU/EØS-arbeid. Miljø- og kulturarvprogramma under EØS-midlane stimulerer til godt bilateralt fagleg samarbeid med mottakarlanda, og tilsvarande er arbeidsgrupper og oppfølging av dei nordiske miljøministermøta gode plattformer for EU/EØS-arbeidet.
Klima og miljø i handels- og investeringsbeskyttelsesavtaler
Også andre handels- og investeringsbeskyttelsesavtaler enn EØS-avtala påverkar kva som blir produsert og selt og korleis og dermed klima- og miljøverknadene av handel. Dei påverkar òg kva tiltak som kan setjast i verk av omsyn til klima og miljø. I motsetning til EØS-avtala inneheld dei ikkje felles klima- og miljøregelverk. Det er derfor naudsynt å syte for at dei vert utforma slik at dei fremjar grøn vekst og støttar opp om klima- og miljøomsyn. Derfor arbeider KLD for at slike avtaler får eigne kapittel om handel og berekraftig utvikling, senkar toll på klima- og miljøvenlege varer og gir rom for støtte, avgifter og reguleringar som gjer det enklare og billegare å produsere, forbruke og transportere med mindre ressursar og utslepp. Vi følgjer derfor òg forhandlingane mellom EU og USA, som har komme lengst i dette arbeidet, om ei slik avtale. Den vil ha stor betydning også for Noreg og leggje sterke føringar på andre slike avtalar. Den vil kunne gi eit tettare samarbeid mellom EU og USA om utforming av nye reglar. USA og EU har ulike syn på føre var-prinsippet og regulerer mellom anna kjemikaliar ulikt. Avtala kan derfor òg få stor betydning for EØS-avtalas reglar på klima- og miljøområdet og vårt høve til å påverke dei.
Klima- og miljøsamarbeid med utviklingsland
Samarbeid med framveksande økonomiar og utviklingsland er òg ein viktig pilar i Noregs internasjonale klima- og miljøarbeid. Med bilaterale samarbeidsavtaler og støtte til internasjonale initiativ skal Noreg medverke til ei grøn utvikling gjennom oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø og naturressursar.
Klima- og miljødepartementet har særskilde avtaler om samarbeid med miljøstyresmaktene i dei store utviklingslanda Kina, India, Brasil og Sør-Afrika. Desse landa har stor betyding for utvikling av den globale miljøtilstanden og er heilt sentrale i internasjonalt miljøsamarbeid og i utvikling av globale miljøavtaler. Det bilaterale samarbeidet skal byggje relevant fagleg samarbeid på styresmaktnivå og gi ei plattform for dialogen om internasjonale miljøutfordringar. I alle landa har Klima- og miljødepartementet medverka til ein portefølje av prosjekt som er retta inn mot enkelte land si evne til å gjennomføre internasjonale forpliktingar under miljøkonvensjonane.
Prosjekta er hovudsakleg forvaltningssamarbeid, der Miljødirektoratet er ein viktig partnar på norske side. Finansiering skjer i hovudsak over Utanriksdepartementets budsjett. I tillegg vert det nytta midlar over Klima- og miljødepartementets budsjett for å setje i gang nye prosjekt og utgreiingar. I Kina og Sør-Afrika medverkar Miljødirektoratet til utvikling av utsleppsrekneskap og kvotemarknad. I India er det samarbeid om eit senter i Chennai for biodiversitet, og eit kapasitetsbyggingsprosjekt innan miljøtilsyn. Klima- og miljødepartementet har òg etablert eit bilateralt miljøsamarbeid med Myanmar. Forvaltning av vass- og naturressursar og handtering av farleg avfall er dei sentrale samarbeidsområda.
Regjeringas største internasjonale initiativ innan klima- og miljø er klima- og skogsatsinga (sjå nærare omtale under programkategori 12.70). Departementet følgjer andre initiativ frå regjeringa, under dette programmet Rein Energi for utvikling og 1 Gigaton Coalition. 1 Gigaton Coalition vart på initiativ frå Noreg lansert under klimaforhandlingane i Lima i desember 2014. Initiativet har som formål å måle og rapportere reduksjonar i klimagassutslepp som følgje av prosjekt og program for fornybar energi og energieffektivisering i utviklingsland. Klima- og miljødepartementet med Miljødirektoratet deltek òg i Olje for Utvikling-programmet, mellom anna i Ghana, Uganda, Libanon og Tanzania. Formålet med programmet er å overføre norsk kompetanse slik at utviklingsland kan forvalte petroleumsressursane på ein måte som medverkar til varig reduksjon av fattigdom og sikrar at ein tek miljøomsyn.
Klima- og miljødepartementet stimulerer òg til det grøne skiftet i utviklingsland gjennom støtte til fleire andre internasjonale initiativ. Kunnskapsgrunnlaget, nødvendige institusjonar, lover, reguleringar og økonomiske verkemiddel må på plass for å kunne realisere ei grønare utvikling. I Det grøne partnarskapet PAGE samarbeider fem FN-organ om å tilby motiverte utviklingsland støtte til heile prosessen med grøn omlegging. Ved å fokusere på jobbskaping og lønnsam ressurseffektivitet, byggjer PAGE støtte til grøne vegval i økonomien. Eit anna godt etablert initiativ er samarbeidet mellom UNDP og UNEP i PEI (Poverty and Environment Initiative) som stadig fleire av dei fattigaste landa vil ta del i for å forvalte naturresursane sine betre. Noreg støttar òg Global Green Growth Institute (GGGI), ein internasjonal organisasjon som fremjar sterk, sosialt inkluderande og berekraftig økonomisk vekst i utviklingsland og framveksande økonomiar. GGGI samarbeider med sine medlemsland i å utvikle verktøy for å byggje institusjonell kapasitet, utvikle strategiar og politiske verkemiddel for grøn vekst, styrkje læring og kunnskapsdeling, og engasjere private investorar og offentlege donorar.
Nærare om budsjettforslaget
Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2016 er på 1 128,8 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på om lag 27,9 mill. kroner, eller 2,4 pst. samanlika med saldert budsjett for 2015.
Utgifter under programkategori 12.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 | Pst. endr. 15/16 |
1400 | Klima- og miljødepartementet | 468 513 | 450 136 | 448 979 | -0,3 |
1406 | Miljøvennleg skipsfart | 4 109 | 5 107 | -100,0 | |
1408 | Radioaktiv forureining i det ytre miljø | 12 706 | 14 187 | -100,0 | |
1409 | Mareano | 24 926 | 27 334 | -100,0 | |
1410 | Miljøforsking og miljøovervaking | 643 309 | 660 019 | 679 899 | 3,0 |
Sum kategori 12.10 | 1 153 563 | 1 156 783 | 1 128 878 | -2,4 |
Kap. 1406, 1408 og 1409 går ut og er erstatta med respektive kap. 1422, 1423 og 1424 i budsjettet for 2016 og inngår i programkategori 12.20 – klima, naturmangfald og forureining.
Kap. 1400 Klima- og miljødepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
01 | Driftsutgifter | 228 549 | 212 966 | 216 845 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 75 582 | 72 983 | 45 878 |
62 | Den naturlege skulesekken | 3 500 | 2 500 | 3 323 |
65 | Områdesatsing i byar, kan overførast | 10 000 | 10 290 | |
70 | Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar | 56 606 | 57 705 | 54 233 |
71 | Internasjonale organisasjonar | 52 118 | 42 477 | 48 509 |
74 | Tilskot til AMAP, kan overførast | 4 000 | 4 000 | 4 116 |
76 | Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast | 30 659 | 30 507 | 48 305 |
79 | Tilskot til kulturminneforvaltning | 13 412 | 16 998 | 17 480 |
81 | Byutvikling, lokalt miljøvern og universell utforming, kan overførast | 4 087 | ||
Sum kap. 1400 | 468 513 | 450 136 | 448 979 |
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Løyvinga dekkjer dei ordinære driftsutgiftene som er naudsynte for at Klima- og miljødepartementet skal kunne halde ved lag ei god verksemd. Om lag to tredelar av løyvinga gjeld lønn til fast tilsette i departementet. Om lag ein tredel av løyvinga går til å dekkje husleige, fornying av materiell, inventar og utstyr, blant anna drift og utvikling av IT-anlegget til departementet, reiseutgifter, kurs- og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Av desse fellesutgiftene er husleige og IT-utgifter dei største. Departementet har òg høge reiseutgifter grunna det internasjonale miljøarbeidet.
Løyvinga er føreslått auka med om lag 3,9 mill. kroner. Det er lagt inn 0,29 mill. kroner i auka lønns- og trygdeoppgjer, og auka i budsjettet skuldast i hovudsak auka IKT-kostnader.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet foreslår i sin budsjettproposisjon å opprette ein enhet som skal inngå og forvalte sentrale rammeavtalar på vegne av statlige forvaltningsorgan. Dette skal gi meir effektive innkjøp i staten. Ordninga vil bli finansiert innanfor eksisterande rammer gjennom rammeoverføringar frå departementa. Klima- og miljødepartementets andel av dette er 236 000 kroner.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Løyvinga på posten er redusert med 27,1 mill. kroner. Reduksjonen på posten er samansett, og er i hovudsak resultat av at tidsavgrensa prosjekt er avslutta og frigjorte midlar er nytta til å dekkje andre prioriterte formål.
Løyvinga på denne posten dekkjer utgifter til kjøp av utgreiingar. Løn til mellombels tilsette som er knytte til faglege prosjekt kan òg førast over posten. Prosjekta relaterer seg til heile miljøforvaltningas ansvarsområde.
Klima- og miljøpolitikken står overfor store utfordringar og det er viktig å ha eit grundig fagleg fundament for den politikken som blir lagt opp. Det er derfor viktig at Klima- og miljødepartementet har tilstrekkelege ressursar til å kunne initiere utgreiingar av ny politikk og evaluere politiske tiltak og verkemiddel som er sette i gang eller gjennomførte. I tillegg blir ressursar nytta til å vurdere klima- og miljøkonsekvensar av forslag som er fremja frå andre sektorar.
Post 62 Den naturlege skulesekken
Midlane under posten er knytte til alle resultatområde bortsett frå resultatområde 6 Polarområda. Den naturlege skulesekken er eit samarbeidstiltak mellom Kunnskapsdepartementet og Klima- og miljødepartementet. Tiltaket er leia av Miljødirektoratet og Utdanningsdirektoratet, mens gjennomføringa skjer gjennom Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Naturfagsenteret). Posten er auka med 0,8 mill. kroner. Til Den naturlege skulesekken er det i tillegg til tilskotet på denne posten foreslått eit budsjett på 2,75 mill. kroner under kap. 1400 post 21 og 2,3 mill. kroner under kap. 1400 post 76 slik at samla prosjektmidlar frå Klima- og miljødepartementet er 8,4 mill. kroner i 2016.
Mål
Den naturlege skulesekken legg til rette for utvida bruk av nærmiljøet til skulane i undervisninga og set miljø, friluftsliv og berekraftig utvikling i samanheng med realfag, samfunnsfag og mat og helse. Tiltaket legg til rette for samarbeid mellom skular og frivillige miljø- og friluftsorganisasjonar med faglege ressursar skulen har nytte av. Det støttar utviklinga av lokale, fleirfaglege undervisningsopplegg tilpassa læreplanverket. Eit berande pedagogisk omgrep er å flytte læringsarenaen frå klasserommet til lokalsamfunnet. I Den naturlege skulesekken er varierte arbeidsmetodar utandørs, bruk av nærmiljøet og aktørar i nærmiljøet sentralt. Skular skal i samarbeid med aktørar i nærmiljøet utvikle undervisnings- og arbeidsmetodar som inneber at elevar og lærarar oppsøkjer miljø utanfor klasserommet og brukar desse miljøa regelbunde som læringsarena. Opplevingar og erfaringar skal elevane ta med seg tilbake til skulen for å arbeide vidare med dei. Målet er å medverke til at elevane som framtidige arbeidstakarar får kunnskap og medvit om berekraftig utvikling og miljøutfordringane på kloden, og blir i stand til å forstå og utvikle løysingar på miljøproblema i dag og i framtida.
Kriterium for måloppnåing
Den naturlege skulesekken skal koordinere læringsressursar innanfor dei aktuelle områda, og skape eit profesjonelt nettverk av foreiningar og organisasjonar som driv skuleretta verksemd. Den naturlege skulesekken skal medverke til å utnytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena og bruk av ulike regionale og nasjonale ressursar, i tillegg til å medverke til å styrkje samfunnsfaglege og naturfaglege metodar.
Tildelingskriterium
Den enkelte skulen kan søkje på årleg utlyste utviklingsmidlar. Kriterium for å få tildelt støtte er at dei planlagde undervisningsopplegga skal nytte skulen sitt nærmiljø som læringsarena, ha høg fagleg kvalitet og femne om 2 eller fleire fag. Minst eitt av desse faga skal vere naturfag eller samfunnsfag og skulane blir bedne om å samarbeide med ein ekstern aktør. Undervisningsopplegga skal ha som mål å utvikle elevane og lærarane si nyfikne, kunnskapen deira om natur og samfunn, og medvit om berekraftig utvikling. Det skal leggjast vekt på grunnleggjande dugleikar i læringsprosessane, og utforskande arbeidsmåtar (Forskarspiren) skal vere ein viktig måte å arbeide på.
Oppfølging og kontroll
Dei tiltaka som blir sette i gang, blir følgde opp fortløpande fagleg og økonomisk av Naturfagsenteret. Undervisningsopplegga blir vurderte for publisering på nettstaden www.natursekken.no slik at dei kan delast med andre. Det blir utarbeidd årlege rapportar om heile prosjektet frå Naturfagsenteret, og Den naturlege skulesekken blei evaluert hausten 2014.
Rapport 2014
I 2014 fekk 152 skular midlar til utvikling av undervisningsopplegg. Totalt har 473 skular gjennomført skuleprosjekt i Den naturlege skulesekken i perioden 2009 – 2014/15. Skulane som deltek får pedagogisk rettleiing gjennom regionale nettverk ved høgskular og Naturfagsenteret. Naturfagsenteret arrangerer årleg ei nasjonal samling på hausten. I 2014 deltok 330 deltakarar. I tillegg er det totalt 7 regionkontaktar som arrangerer to nettverksmøte i sin region årleg. Eit temahefte Skoler for en berekraftig utvikling (Naturfag 2/14) blei utvikla og sendt til om lag 6000 mottakarar. Arbeidet i Den naturlege skulesekken har vore presentert på ulike konferansar og samlingar for lærarar, skuleleiarar, skuleeigarar, lærarutdannarar og forskarar, til dømes World Environmental Education Congress (WEEC)-konferansen 2015, ei konferanse for utdanning for berekraftig utvikling, og i ei workshop under UNESCOs World Conference on Education for Sustainable Development i Japan.
Den naturlege skulesekken blei evaluert eksternt hausten 2014 med hovudkonklusjon at prosjektet er velorganisert og bør førast vidare. Prosjektet har ført til at elever har fått styrka kunnskapar, haldningar og dugleik knytte til berekraftig utvikling. Vidare har det ført til auka bruk av alternative læringsarenaer som støttar fleirfagleg undervisning.
Post 65 Områdesatsing i byar, kan overførast
Midlane skal nyttast til å styrkje innsatsen for eit betre miljø i Groruddalen og blir brukte av etatar i Oslo kommune og bydelane i Groruddalen.
Regjeringa og byrådet i Oslo har inngått ei intensjonsavtale om eit samarbeid om Groruddalen for 10-årsperioden 2007 – 2016. Denne er no forlenga til 2026.
Posten har fått ei prisjustering på 0,3 mill. kroner.
Mål
Det langsiktige hovudmålet er ei berekraftig byutvikling, synleg miljøopprusting, betre livskvalitet og samla sett betre levekår i Groruddalen. Det skal utviklast eit lokalt og inkluderande samarbeid med dei som bur i dalen, organisasjonar, burettslag, næringsliv, bydelar og offentlege organisasjonar. Arbeidet blir følgt opp med dokumentasjon av tilhøve ved oppstart, evaluering undervegs og midvegs, og avsluttande rapport.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har hovudansvar for satsinga. Klima- og miljødepartementet har saman med Kommunal- og moderniseringsdepartementet frå 2015 ansvar for programområde 2: Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø. Målet for dette programmet er å styrkje den blågrøne strukturen og naturmangfaldet i Groruddalen, og gi betre forhold for friluftsliv, fysisk aktivitet og idrett. Kulturminne skal vernast og brukast, og forståinga for historia skal styrkjast.
Kriterium for måloppnåing
Planarbeidet skal drivast i eit breitt samarbeid mellom partane innan programområde 2: Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø og føre fram til fysiske forbetringar.
I arbeidet er det lagt vekt på tre hovudstrategiar:
Utvikle samanhengande grønstrukturar og turvegar på langs og tvers av dalen og sjå ulike tiltak i samanheng i utvalte geografiske innsatsområde.
Vidareutvikle Akergardane og andre kulturminne som har potensial som møtestad med ulike tenester og kulturaktivitetar.
Utvikle ein bydelspark i kvar bydel som kan gi attraktive møtestader i det grøne og vere arena for både organiserte og uorganiserte aktivitetar.
Rapport 2014
Midla på posten låg i 2014 under Kommunal- og moderniseringsdepartementets budsjett. Rapport for 2014 vert gjort i Kommunal- og moderniseringsdepartementets Prop. 1 S (2015 – 2016).
Tildelingskriterium
Tildeling vil skje på grunnlag av søknad og handlingsprogram for programområde 2: Etatane og bydelane kjem med forslag til tiltak og samarbeider om dette i programgruppe 2.
Oppfølging og kontroll
Dei tiltaka som blir sette i gang, blir følgde opp fortløpande fagleg og økonomisk. Kvart tertial blir det utarbeidd rekneskapsrapportar. Det blir utarbeidd årlege rapportar og handlingsprogram for kvar programgruppe.
Post 70 Frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige miljøstiftelsar
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda.
Mål
Formålet med tilskotsordninga er å leggje til rette for eit breitt folkeleg engasjement for miljøsaker. Tilskotsordninga skal stimulere til miljøaktivitetar lokalt, regionalt og nasjonalt. Tilskotsordninga gjeld for frivillige organisasjonar og allmennyttige stiftelsar med hovudformål for verksemda innanfor miljøforvaltninga sitt ansvarsområde.
Tildelingskriterium
Føresegna inneber at 70 pst. av grunnstøtta blir fordelt etter:
om tilskotsmottakaren er ein frivillig organisasjon, ein barne- og ungdomsorganisasjon, ei samanslutning av organisasjonar (paraplyorganisasjon) eller ein allmennyttig stiftelse,
talet på personlege medlemmer og medlemsinntekter frå personlege medlemmer,
talet på personlege givarar etter skattelova sine reglar for frådrag for gåver til visse frivillige organisasjonar m.m. og givarinntektene får desse personane,
talet på lokallag,
talet på fylkes-/regionlag.
Dei resterande 30 pst. blir fordelte etter ei vurdering av den betydninga organisasjonane og stiftelsane har i samfunnet.
Etter gjennomgang av dei mottekne søknadene og vurdering av dei i høve til føresegna vil løyvinga for 2016 bli fordelt som vist i tabellen nedanfor. Norsk klimastiftelse foreslås å kome inn på ordninga. Siste års verksemd syner at stiftelsen har styrka nettverk, kapasitet og kompetanse.
Tabell 7.1 Fordeling av tilskot
Organisasjon/stiftelse | Rekneskap 2014 | Løyving 2015 | Forslag 2016 |
---|---|---|---|
Miljøorganisasjonar | |||
Den Norske Turistforeining | 5 934 000 | 6 305 000 | 5 828 000 |
Forbundet Kysten | 4 981 000 | 5 092 000 | 4 620 000 |
Fortidsminneforeininga | 3 892 000 | 4 615 000 | 4 252 000 |
Framtida i våre hender | 3 770 000 | 4 290 000 | 4 054 000 |
Noregs Jeger- og Fiskarforbund | 9 069 000 | 9 310 000 | 8 597 000 |
Noregs miljøvernforbund | 1 883 000 | 0 | 0 |
Noregs naturvernforbund | 7 496 000 | 7 659 000 | 7 080 000 |
Folkeaksjonen oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja | 2 389 000 | 1 890 000 | 1 744 000 |
Paraplyorganisasjonar | |||
Sabima | 1 708 000 | 1 780 000 | 1 655 000 |
Kulturvernforbundet | 1 708 000 | 1 780 000 | 1 655 000 |
Regnskogfondet | 1 547 000 | 1 286 000 | 1 620 000 |
Barn- og ungdomsorganisasjonar | |||
Natur og Ungdom | 3 625 000 | 3 878 000 | 3 604 000 |
Miljøagentane | 1 293 000 | 1 336 000 | 1 231 000 |
Miljøstiftelsar | |||
Idébanken | 621 000 | 646 000 | 600 000 |
Miljøstiftelsen Bellona | 1 863 000 | 2 141 000 | 1 999 000 |
Norsk kulturarv | 1 083 000 | 1 141 000 | 1 063 000 |
WWF Noreg | 2 505 000 | 3 170 000 | 3 193 000 |
Zero | 1 237 000 | 1 388 000 | 1 295 000 |
Norsk klimastiftelse | - | - | 446 000 |
Sum | 56 606 000 | 58 005 000 | 54 233 000 |
Oppfølging og kontroll
Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende årsmeldingar, og rekneskap stadfest av revisor.
Post 71 Internasjonale organisasjonar
Midlane under posten er retta mot alle resultatområda. Løyvinga er foreslått auka med prisjustering og 7 mill. kroner for å kompensere for låg kronekurs og ein ny kontingent til Nagoya-protokollen under Konvensjonen for biologisk mangfald.
Mål
Målsetjinga med løyvinga er å medverke til å halde ved lag drifta av organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat som utfører viktig miljøretta arbeid av verdi for Noreg.
Løyvinga skal dekkje obligatoriske bidrag til internasjonale organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat der Noreg deltek aktivt. Løyvinga under denne posten er ei direkte følgje av at Noreg har ratifisert avtaler med budsjettbindingar, eller at regjeringa har vedteke norsk medlemskap. I tillegg blir det gitt bidrag til FNs miljøprogram (UNEP). Ordninga er ikkje open for søknad.
Følgjande internasjonale organisasjonar, avtaler, konvensjonar og sekretariat får bidrag:
International Council of Monuments and Sites (ICOMOS)
Internasjonalt studiesenter for bevaring og restaurering av kulturminnesmerke (ICCROM)
FNs miljøprogram (UNEP)
Den internasjonale naturvernunionen (IUCN)
Interimssekretariat for konvensjonen om vern av våtmarker (Ramsar-konvensjonen)
Konvensjonen om internasjonal handel med truga arter (CITES)
Konvensjonen om trekkjande arter av ville dyr (Bonn-konvensjonen)
Vassfuglavtala under Bonnkonvensjonen (AEWA)
Albatrossavtala under Bonnkonvensjonen (ACAP)
Flaggermusavtala under Bonnkonvensjonen (EUROBATS)
Den nordatlantiske laksevernorganisasjonen (NASCO)
Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen/CBD)
Protokoll om genmodifiserte organismar (Cartagena-protokollen)
Nagoya-protokollen under konvensjon om biologiske mangfold om tilgang til genressursar og ein rettferdig og likeverdig fordeling av fordelar som følgjer av bruken av slike ressursar.
Konvensjonen om vern av ville europeiske planter og dyr, og leveområda deira (Bernkonvensjonen)
FNs naturpanel (IPBES)
Konvensjonen om vern av ozonlaget (Wienkonvensjonen)
Protokoll om stoff som reduserer ozonlaget (Montrealprotokollen).
FNs klimapanel (IPCC)
FNs Rammekonvensjon om klimaendringar (UNFCCC)
Protokoll som skal redusere utslepp av skadelege klimagassar (Kyoto-protokollen)
Det europeiske miljøvernbyrået (EEA)
Fellessekretariat for Oslo- og Pariskonvensjonane og Bonnavtala (oljeforureining)
Konvensjonen om langtransporterte luftforureiningar (LRTAP)
Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP)
Konvensjonen om kontroll med grenseoverskridande transport av farleg avfall (Baselkonvensjonen)
Konvensjon om persistente organiske sambindingar (Stockholm-konvensjonen)
Konvensjon om notifikasjon og førehandssamtykke ved eksport av kjemikaliar (Rotterdam-konvensjonen)
Strategic Approach to International Chemicals Management (SAICM)
Konvensjonen om kvikksølv (interimfasen) (Minamata-konvensjonen)
Konvensjonen om tilgang til miljøinformasjon, deltaking i avgjerdsprosesser og adgang til klage- og domstolsprøving på miljøområdet (Århus-konvensjonen)
Protokoll om forureina utslepp og utsleppsregister under Århus-konvensjonen (PRTR)
Oppfølging og kontroll
Kontroll og oppfølging av organisasjonane, avtaler, konvensjonar, og sekretariata skjer ved generell formaliakontroll av reviderte rekneskapar og årsrapportar, deltaking i partsmøte, generalforsamlingar, årsmøte og liknande.
Post 74 Tilskot til AMAP, kan overførast
Løyvinga medverkar til å oppnå nasjonalt mål Negativ menneskeleg påverknad og risiko for påverknad på miljøet i polarområda skal reduserast under resultatområde Polarområda.
Mål
Dette er ei internasjonal forplikting Noreg har påteke seg, og målet med løyvinga er å sikre vidareføring av programmet for arktisk miljøovervaking (AMAP) gjennom tilskot til drift av stiftelsen AMAP.
Stiftelsen AMAP vart oppretta av Klima- og miljødepartementet 24. juni 1997. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under den arktiske miljøvernstrategien (AEPS) tok sikte på å redusere negative miljøverknader av den aukande økonomiske aktiviteten i området. Det internasjonale miljøvernsamarbeidet under AEPS er no integrert i det breiare samarbeidet i Arktisk råd. Miljøovervakingsprogrammet AMAP utgjer den viktigaste delen av samarbeidet.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn. I tillegg er det fagleg kontakt med stiftelsen.
Rapport 2014
Det har vore god drift av AMAP-sekretariatet i 2014, med fortløpande oppfølging av oppgåver sette i gang av Arktisk råd. Oppgåvene er først og fremst knytte til overvaking, vurderingar og samanstilling av informasjon om miljøpåverknad og klimaendringar i Arktis.
I 2014 har AMAP-sekretariatet brukt mykje tid og ressursar på å ferdigstille rapportar til ministermøtet i Arktisk råd i april 2015. AMAP har oppdatert tre større vurderingar: helsesituasjonen for befolkninga i nord, radioaktivitet i arktiske område og organiske miljøgifter i nordområda. AMAP koordinerer òg ein større studie om endringar i Arktis. AMAPs arbeid er av stor betydning for å dokumentere tilstanden for det arktiske miljøet, og som grunnlag for anbefalingar om tiltak. AMAPs kartlegging av nivå og effektar av miljøgifter i arktiske område hadde avgjerande betydning for den globale kvikksølvkonvensjonen, som vart underteikna i oktober 2013.
Post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, kan overførast
Midlane under denne posten gjeld alle resultatområda.
Mål
Posten sitt mål er todelt og skal:
medverke til nasjonale tiltak slik at Noreg oppfyller sine internasjonale plikter når det gjeld biologisk mangfald, klima og forureiningar, og nasjonale mål, innanfor alle resultatområda.
styrkje arbeidet med miljøspørsmål som er svært viktige for Noreg, og å få gjennomslag for norske miljøpolitiske prioriteringar internasjonalt.
Posten omfattar både øyremerkte og frie midlar.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på kva resultat regjeringa ønskjer å oppnå i det nasjonale miljøarbeidet og dei pliktene Noreg har teke på seg i det internasjonale miljøsamarbeidet.
Øyremerkte midlar
På det nasjonale området blir det i 2016 føreslått å gi tilskot til:
«Den naturlege skulesekken» (2,3 mill. kroner).
Framande arter (2 mill. kroner)
Medverke til oppfølging av avfallsstrategien: tilskot til Matvett AS for deira arbeid med reduksjon av matsvinn (1 mill. kroner)
Klimasmarte offentlege anskaffingar for å fremje det grøne skiftet, tilskot til nasjonalt program for leverandørutvikling (0,25 mill. kroner).
Pilotanlegg for biogass (18 mill. kroner), og følgjeforsking (2 mill. kroner).
Som ei oppfølging av biogasstrategien vart 10 mill. kroner frå denne posten utbetalt til Innovasjon Norge i 2015. Midlane vart lyste ut til pilotanlegg og følgjeforsking i tilknytning til pilotsatsinga. Ordninga blir ført vidare i 2016 med 18 mill. kroner til pilotanlegg og 2 mill. kroner til følgjeforsking.
På det internasjonale området blir det i 2016 gitt tilskot til:
Noregs bidrag til reduserte utslepp av kortliva klimadrivarar gjennom eit styrkt internasjonalt engasjement, støtte til Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC) sitt arbeid (7,5 mill. kroner).
Kontingent til Climate Technology Initiative (CTI) (0,125 mill. kroner)
FN-organet Grid Arendal (4,5 mill. kroner)
Sekretariat for Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) (0,2 mill. kroner)
ForUM for Utvikling og Miljø (0,45 mill. kroner)
EUs strålevernforsking (1 mill. kroner)
Det internasjonale arbeidet til:
Norsk Institutt for Luftforsking (NILU) (1,421 mill. kroner)
Norsk institutt for vassforsking (NIVA) (0,45 mill. kroner)
Meteorologiske institutt (0,3 mill. kroner)
Reisestøtte i samband med internasjonale klima- og miljømøte (0,35 mill. kroner)
0,96 mill. kroner i samband med internasjonalt klimaarbeid der KLD har ei sentral rolle. (Støtte til konferansar, møte, seminar osv., tilskot til internasjonale organisasjonar osv.).
3,5 mill. kroner til arbeidet med biocider og andre internasjonale tiltak for betre regulering av miljøgifter.
Oppfølging og kontroll
Årsrapportar og reviderte rekneskapar frå gjennomførte prosjekt dannar grunnlaget for ein generell formaliakontroll.
Rapport 2014
Nasjonalt
Følgjande tilskot vart gitt i 2014 etter søknadsrunde:
Det er gitt tilskot til Rein Marina, 200 000 kroner, som fokuserer på avfallshandtering frå fritidsbåtar og tiltak for mottaksordningar for avfall i marinaer gjennom mellom anna informasjonstiltak. Det er vidare gitt tilskot til Avfall Noreg sin kampanje om miljøfarleg avfall, 200 000 kroner. Det er òg gitt støtte til matvett, arbeid med biocidforordninga, grøn skipsfart, strandrydding, handtering av byggavfall og NHP-nettverk.
I 2014 fekk Stiftelsen Miljømerking 400 000 kroner for å forsterke arbeidet med miljøkrav i offentlege anskaffingar. Standard Noreg fekk 300 000 kroner i støtte for å sikre norsk ekspertdeltaking på møte i den internasjonale standardiseringsorganisasjonen ISO på området miljøstyring.
2 mill. kroner av denne posten vart fordelt gjennom Den naturlege skulesekken, til 19 lokale og landsdekkjande ikkje-statlege lag, organisasjonar og privatpersonar som har søkt om tilskot til tiltak eller prosjekt som støttar opp under grunnskulane (1.-10. trinn og Vg1) si planlegging og gjennomføring av fleirfaglege undervisningsopplegg i deira nærmiljø.
Internasjonalt
På det internasjonale området er det gitt driftsstøtte til GRID-Arendal, ForUM for miljø og utvikling. Støtta til GRID-Arendal er eit generelt basistilskot til drifta, og utgjer knapt 10 pst. av GRIDs samla inntekter. GRIDs hovudformål er å yte tenester som styrkjer FNs miljøprogram UNEP, gjennom utvikling, innhenting og bruk av vitskapleg basert miljøinformasjon.
Klima- og miljødepartementet gav 7,3 mill. kroner i støtte til Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC) sitt arbeid med utfasing av hydrofluorkarboner (HFK) i 2014.
ForUMs verksemd i 2014 er i tråd med deira handlingsplan og omfattar sentrale saksområde for Klima- og miljødepartementet, bl.a. deltaking og innspel i tilknyting til klimaforhandlingane og FNs universelle berekraftsmål. ForUMs aktivitet på områda medverkar til å setje fokus på saksfelt av sentral betydning for Klima- og miljødepartementet. I 2014 gav Klima- og miljødepartementet 0,45 mill. kroner i driftsstøtte til ForUM.
Conservation of Arctic Flora and Fauna (CAFF) er Arktisk råds arbeidsgruppe for bevaring av arktisk biodiversitet. Klima- og miljødepartementet har gitt støtte til drifta av det internasjonale CAFF-sekretariatet i Akureyri på Island.
Det vart vidare gitt tilskot til IPCCs arbeid med FNs femte hovudrapport, med formål å gi eit oppdatert kunnskapsgrunnlag til beslutningstakarar.
Bellona mottok 0,8 mill. kroner i tilskot til prosjektet BEST+. Prosjektet bidrar gjennom kunnskapsutvikling og informasjonsarbeid til å setje CCS høgare på den politiske agendaen i Europa.
Vidare er det gitt tilskot til institutt som arbeider internasjonalt innanfor departementets resultatområde. Institutta har viktige internasjonale oppgåver og representerer Noreg i ulike samanhengar. Meteorologisk institutt har rolla som internasjonalt meteorologisenter under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining og Det europeiske samarbeidsprogrammet for overvaking og måling av luftforureiningar (EMEP). Tilskotet for 2014 er nytta til å vidareutvikle EMEP-modellen som vert nytta til å analysere spreiing, konsentrasjonar og avsetningar av luftforureiningar. Slike modellanalysar vert nytta som grunnlag for forhandlingar om internasjonale avtaler om reduksjon i utslepp av luftforureiningar, til dømes Gøteborgprotokollen. Norsk institutt for luftforsking (NILU) arbeider som European Topic Centre on Air Quality and Climate Change Mitigation under The European Environment Agency (EEA). Norsk institutt for vassforsking (NIVA) har ei tilsvarande rolle under EEA som European Topic Center for Water. Begge desse institutta er valde ut til arbeidet for EEA i konkurranse med liknande institutt i andre europeiske land. EEA har som føresetnad at institutta kan finansiere delar av kostnadane som Topic Centre nasjonalt. Tilskota frå Klima- og miljødepartementet dekkjer delar av kostnadene ved institutta sitt arbeid for EEA.
Noregs forskingsråd har fått tilskot til samarbeid med EU om strålevernforsking. Bidraget til EUs strålevernprogram sikrar norske forskarar tilgang på midlar og eit felles europeisk forskingsmiljø med fokus på verknaden av radioaktiv forureining av miljøet og grunnlag for å etablere rammeverk for vern av miljøet. Programmet fører saman nøkkelaktørar innan radioøkologisk forsking i Europa og har stor meirverdi for norske aktørar og den kunnskapsbaserte statsforvaltninga.
Det er utbetalt kontingent til Climate Technologicy Initiativ, som mellom anna stimulerer til bruk av betre klimateknologiar i utviklingsland.
Det vart gitt reisestønad til ulike organisasjonar for deltaking i møter mellom anna i dei internasjonale klimaforhandlingaene.
Post 79 Tilskot til kulturminneforvaltning, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot tiltak som skal medverke til måloppnåing på kulturminneområdet, jf. resultatområde 2 Kulturminne og kulturmiljø.
Posten omfattar fleire kulturminnetiltak mellom anna:
Det går føre seg utgreiingar med sikte på å føre vidare Noregs internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen gjennom eit mogleg nytt kategori II-senter med hovudvekt på kapasitetsbygging. Parallelt med denne prosessen blir midlane for 2016 nytta til kapasitets- og kompetansebyggjande prosjekt og aktivitetar i regi av Unescos rådgivande organ som IUCN, ICOMOS, Iccrom o.a.
Oppfølging av dei norske verdsarvsentra.
Posten er foreslått auka med 0,4 mill. kroner.
Bygg og Bevar er eit samarbeid med Byggenæringas Landsforbund (BNL); ein nettbasert portal/møteplass mellom det offentlege, næringslivet og dei private eigarane. Dette er eit lågterskeltilbod for alle eigarar som treng informasjon om istandsetjing og vedlikehald av eldre bygningar. Prosjektet blir ført vidare i ein 5-årsperiode frå 1.1.2016.
Mål
Medverke til måloppnåing på kulturminneområdet.
Kriterium for måloppnåing
Opplysningar om kulturminnetiltak som mottek tilskot frå post 79.
Tildelingskriterium
Tiltaka er prioriterte med utgangspunkt i nasjonale mål og prioriteringar innanfor resultatområde 2.
17,48 mill. kroner blir fordelte til følgjande tiltak:
Verdsarv-Unesco (4,275 mill. kroner)
Verdsarvsenter (7,625 mill. kroner)
Foreining Freda (0,214 mill. kroner)
Bygg og bevar (3 mill. kroner)
Klimapark 2469 (0,466 mill. kroner)
Etter- og vidareutdanning (EVU) (1,5 mill. kroner)
Kulturminnedagen (0,4 mill. kroner)
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke rapportar og revidert rekneskap. Kontrollen skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll.
Rapport 2014
Følgjande tiltak fekk tilskot i 2014: Den nordiske verdsarvstiftelsen (NWHF), Verdsarvsenter, (Vega, Vestnorsk fjordlandskap og Alta), Foreininga Freda, Etter- og vidareutdanning (EVU), Bygg og bevar, Kulturminnedagen og Klimapark 2469.
Kap. 4400 Klima- og miljødepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
02 | Ymse inntekter | 427 | 396 | 407 |
03 | Refusjon frå Utanriksdepartementet | 1 664 | 1 626 | 1 673 |
16 | Refusjon frå fødselspengar/adopsjonspengar | 3 539 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 2 485 | ||
Sum kap. 4400 | 8 115 | 2 022 | 2 080 |
Post 02 Ymse inntekter
Under denne posten fører departementet meir tilfeldige inntekter, blant anna avgift for parkering på området til Klima- og miljødepartementet. Prosjektmidlar frå Nordisk Ministerråd blir òg førte her. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1400 post 01 Driftsutgifter, jf. forslag til vedtak II nr. 1. Posten er auka i tråd med venta inntekter.
Post 03 Refusjon frå Utanriksdepartementet
Det er budsjettert med 1,673 mill. kroner i refusjon frå Utanriksdepartementet i samband med utgifter til medlemskap i Den internasjonale naturvernunionen (IUCN) som er utgiftsført over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.
Kap. 1406 Miljøvennleg skipsfart
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 4 109 | 5 107 | |
Sum kap. 1406 | 4 109 | 5 107 |
Kap. 1406 er nedlagt frå 2016 og flytta til kap. 1422 under programkategori 12.20.
Kap. 1408 Radioaktiv forureining i det ytre miljø
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
01 | Driftsutgifter | 12 706 | 14 187 | |
Sum kap. 1408 | 12 706 | 14 187 |
Kap. 1408 er nedlagt frå 2016 og flytta til kap. 1423 under programkategori 12.20.
Kap. 1409 Mareano
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 24 926 | 27 334 | |
Sum kap. 1409 | 24 926 | 27 334 |
Kap. 1409 er nedlagt frå 2016 og flytta til kap. 1424 under programkategori 12.20.
Kap. 1410 Miljøforsking og miljøovervaking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
21 | Miljøovervaking og miljødata | 180 488 | 190 444 | 192 093 |
50 | Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta | 163 338 | 167 484 | 185 180 |
51 | Forskingsprogram m.m. | 201 468 | 200 375 | 197 373 |
53 | Internasjonalt samarbeid om miljøforsking | 6 794 | 6 753 | 6 719 |
54 | Artsprosjektet m.m. | 30 000 | 29 820 | 30 031 |
70 | Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta | 35 888 | 40 810 | 47 170 |
72 | Tilskot til GenØk - Senter for biotryggleik | 11 900 | 11 900 | 11 900 |
73 | Infrastrukturtiltak til miljøinstitutta | 13 433 | 12 433 | 9 433 |
Sum kap. 1410 | 643 309 | 660 019 | 679 899 |
Kap. 1410 Miljøforsking og miljøovervaking gjeld forskingsprogram, basisløyvingar og andre tilskot til miljøforskingsinstitutta m.m., og miljøovervaking og miljødata. Kapitlet rettar seg mot alle resultatområda. Kap. 1410 syner ein auke på knapt 20 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2015. Auka er spesielt knytt til endringar under post 51 Forskingsprogram m.m. og post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta.
Klima- og miljøpolitikken skal vere kunnskapsbasert. Kunnskapen blir bygd opp gjennom forsking, kartlegging, overvaking, miljøstatistikk og ulike former for rapportering. Grunnleggjande geografisk informasjon som miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata er òg ein føresetnad for god miljøpolitikk.
Kunnskap om klima og miljø er i aukande grad ein viktig føresetnad for avgjerder som blir fatta på mange samfunnsområde. For å kunne ta omsyn til viktige miljøverdiar er det naudsynt å ha stadfesta informasjon om arter, naturtypar, kulturminne og landskap, og andre forhold som kan ha innverknad på miljøverdiane.
Vidare treng vi kunnskap om korleis tilstanden utviklar seg. For å kunne seie noko om dette, treng vi overvakingsdata over lang tid, slik at vi får lange tidsseriar. Miljøovervakinga må derfor vere langsiktig, stabil og føreseieleg. Vi treng òg overvaking av viktige påverknadsfaktorar som har påverknad på miljøet.
Miljøforskinga medverkar til å avdekkje og avklare nye problemstillingar, men er samstundes eit viktig supplement og korrektiv til miljøovervakinga. Forsking er nødvendig for å sikre best moglege metoder for innsamling av overvakingsdata, og overvakingsdata (inkl. lange tidsseriar) er et viktig grunnlag for mykje av forskinga. Kompetansen i forskingsmiljøa er sentral når overvakingsresultat skal tolkast.
Miljøforskinga har stor nytte av det kunnskapstilfanget som kjem fram gjennom overvaking. Overvakingsdata gir forskarar høve til å analysere utviklingstrendar i miljøet, då dei same metodane er nytta over lange tidsperiodar. Forsking med utgangspunkt i slike data har derfor stor verdi for miljøforvaltninga.
Post 21 Miljøovervaking og miljødata
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.
Posten dekkjer utgifter til miljøovervaking og innhenting av data og miljøstatistikk knytt til dei miljøpolitiske resultatområda, herunder utgifter til å dokumentere resultat og til handsaming og forvaltning av data. Posten dekkjer òg formidling av informasjon om miljøtilstanden, blant anna utvikling og drift av Miljøstatus.no.
Posten dekkjer overvaking av forureiningar og farlege kjemikaliar, det tverrsektorielle nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald, kvalitetssikring av data frå det kommunale kartleggingsprogrammet, bestandsovervaking av rovvilt, sjøfuglprogrammet SEAPOP (inkludert SEATRACK), overvaking av arter, og overvaking av naturtypar, blant anna tareskog. Vidare dekkjer posten arbeid med etablering av det økologiske grunnkartet. Dette arbeidet er ytterlegare omtalt under Politikk for å nå dei nasjonale måla for naturmangfald under programkategori 12.20.
Midlane blir nytta til å få fram kunnskap om miljøtilstanden og endringar i den, og er eit viktig grunnlag for å gjennomføre ein effektiv miljøpolitikk. Miljøovervaking og miljøstatistikk gir grunnlag for å setje mål for miljøpolitikken, vurdere i kva grad dei nasjonale miljømåla blir oppnådde og kva slag miljø- og helseverknader ein oppnår med verkemiddelbruk og tiltak. I tillegg pliktar Noreg gjennom ei rekkje internasjonale miljøavtaler å dokumentere utviklinga i miljøet og dei faktorane som påverkar miljøtilstanden, og deltek i ei rekkje internasjonale overvakingsprogram. Resultata frå desse programma er det viktigaste grunnlaget for revisjon av eksisterande internasjonale avtaler og etablering av nye. Mange endringar i miljøtilstanden skjer gradvis og over lang tid. For å få den nødvendige informasjonen må overvakingsprogramma derfor gå over fleire år. Dette gjeld først og fremst område der det er nødvendig å underbyggje argumenta for tiltak med eit godt kunnskapsunderlag, blant anna utslepp av næringsstoff til vassdrag og fjordområde, sur nedbør og ozon.
Finansiering av nokre av dei lange tidsseriane er lagt på kap. 1410 post 70, Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta fordi det er ei sentral nasjonal oppgåve å sikre viktige overvakingsdata for forsking.
På posten er det lagt inn 1 mill. kroner til miljøovervaking av kulturlandskap og kulturminner og 3,6 mill. kroner som ei generell prisjustering. Posten er redusert med 3 mill. kroner knytt mellom anna til avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform.
Rapport 2014
Pengane på posten gjekk i 2014 til ei rekkje ulike overvakingsprogram, som er langsiktige og som dekkjer ulike miljøtema som naturmangfald, klima, forureining og miljøgifter, samt kulturminner. Overvakinga vert koordinert av direktorata, og resultata vert rapportert til departementet. Lange tidsseriar og data frå miljøovervakinga inngår i nasjonale miljøindikatorar og vert formidla på Miljøstatus og direktorata sine nettsider. Resultata frå overvakinga vert og publisert gjennom fagrapportar som vert gitt ut av de institutta og forskingsmiljøa som gjennomfører overvakinga. Miljødirektoratet koordinerer overvaking som gjeld overvaking av natur, klima og forureining. Dette omfattar overvaking av ferskvatn og kystvatn. Polarinstituttet koordinerer polarforsking, og Statens Strålevern koordinerer overvaking knytt til radioaktivitet. Riksantikvaren koordinerer overvaking av kulturminner og kulturmiljø. Kvar av etatane rapporterer også til departementet på dei miljødata dei har ansvar for. Både rapportering på overvaking og miljødata blir rapportert årleg til departementet, så også i 2014.
Relevante overvakingsdata frå naturovervaking inngår i produksjonen av Naturindeks for Norge. Overvakingsdata vart oppdatert kvart år, medan ein samla oppdatering av heile naturindeksen skjer kvart femte år. Oppdaterte data frå 2014 vil inngå i naturindeks for Noreg 2015, som vert lansert i haust.
Post 50 Basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta
Midlane under posten dekkjer dei fleste resultatområda.
Løyvinga er auka med knapt 18 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2015. Det er lagt inn ei prisjustering på 4,8 mill. kroner, og teke ut 0,8 mill. kroner som del av ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform. Frå 2016 dekkjer posten at Uni Research blir teken opp i basisfinansieringsordninga. I statsbudsjettet for 2015 vart det løyvd 25 mill. kroner ekstra (på kap. 287 post 21 i Kunnskapsdepartementets budsjett) til forskingsinstitutta for å støtte institutt som søkte opptak i basisfinansieringsordninga. Frå og med 2016 skal desse midlane inngå som ein del av basisfinansieringa av Uni Research. Finansieringa av Uni Research skjer på tre fordelingsarenaer - den teknisk-industrielle arenaen, den samfunnsvitskaplege arenaen og miljøarenaen. Klima- og miljødepartementet har ansvar for miljøarenaen, som av totalløyvinga på 25 mill. kroner mottek 11 mill. kroner. I tillegg til dei 11 mill. kroner som er rammeoverførte frå Kunnskapsdepartementet, medverker Klima- og miljødepartementet med 2,7 mill. kroner av eigne midlar til basisfinansieringa av Uni Research i 2016.
Dersom NIBR blir slått saman med Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) frå 1. januar 2016 kan Forskingsrådet utbetale midlane til HiOA i 2016.
Posten dekkjer grunnløyvinga og dei strategiske instituttløyvingane til fordelingsarena for miljøinstitutta, og strategiske instituttløyvingar til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt. (1. juli 2015 vart Norsk institutt for bioøkonomi oppretta som ein fusjon av Bioforsk, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF) og Norsk institutt for skog og landskap).
I 2016 vil 10 pst. av grunnløyvinga bli omfordelte etter oppnådde resultat på resultatindikatorar som vitskapleg publisering, samarbeid med universitet og høgskular (avlagte doktorgrader og bistillingar), internasjonale inntekter, inntekter frå Noregs forskingsråd og nasjonale oppdragsinntekter.
Mål
Fordelingsarenaen for miljøinstitutta inkluderer Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for Kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center), Transportøkonomisk institutt (TØI) og Uni Research, som alle er sentrale institutt innanfor sine område av miljøforskinga. Dei skal fungere som nasjonale kompetansesenter og ha ei kunnskapsstrategisk rolle overfor miljøforvaltninga, og skal innanfor sine område tilfredsstille samfunnet sitt behov for å løyse problem på kort og lang sikt.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane frå Norsk forskingsråd, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. For oppfølging av årsrapporten vil det bli halde møte med Forskingsrådet og det enkelte instituttet for drøftingar av miljøforvaltningas kunnskapsbehov.
Rapport 2014
Midlane på posten vart nytta til å dekkje grunnløyvinga og dei strategiske instituttløyvingane til fordelingsarena for miljøinstitutta, og strategiske instituttløyvingar til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på fordelingsarena for primærnæringsinstitutt.
Post 51 Forskingsprogram m.m.
Midlane under posten er retta mot forskingsprogram innanfor alle resultatområde. Midlane under posten blir kanaliserte gjennom Noregs forskingsråd.
Posten er redusert med 1 mill. kroner som del av ei avbyråkratisering- og effektiviseringsreform og 2 mill. kroner til avslutta prosjekt med forskning på kongeørn og sørsamisk reindrift.
Mål for miljøforskinga er å medverke til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit effektivt miljøarbeid med stor vekt på relevans og for ei berekraftig ressursforvaltning og samfunnsplanlegging. Miljøforskinga skal gi eit godt kunnskapsunderlag for nasjonale forvaltningsoppgåver, for avgjerder i politikkutforming og som grunnlag for internasjonalt miljøsamarbeid.
Hovudvekta er lagt på forsking om klimaendringar og klimaomstilling, under dette forsking på biologiske og samfunnsvise effektar av klimaendringar. Marin forsking og forsking om biologisk mangfald og helse- og miljøfarlege kjemikaliar blir òg prioritert. Klima- og miljødepartementet ønskjer å sikre at også dei mindre fagområda får naudsynt prioritet i både det nasjonale og det internasjonale arbeidet. Det blir framleis arbeidd for å betre integreringa av miljøforsking i alle relevante delar av verksemda til Noregs forskingsråd.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke årsrapportar frå Noregs forskingsråd som er utarbeidde på bakgrunn av innspel frå programstyra. I tillegg er representantar frå miljøforvaltninga valde inn i programstyra.
Mål for Noregs forskingsråd
Regjeringa har fastsett nye mål for Forskingsrådet som gjeld frå 2015. Måla er:
auka vitskapeleg kvalitet
auka verdiskaping i næringslivet
å møte store samfunnsutfordringar
eit velfungerande forskingssystem
god rådgiving
Kunnskapsdepartementet held fram arbeidet med å utvikle styringssystemet for Forskingsrådet i samarbeid med dei andre departementa og Forskingsrådet. Styringssystemet er nærare omtalt i Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon for 2016.
Rapport 2014
I 2014 vart løyvinga nytta til finansiering av forskingsprogramma Miljø2015, Havet og kysten, Klimaforsk, Energix, Miljøpåvirkninger og helse, Polarforskningsprogrammet og Program for romforskning.
Post 53 Internasjonalt samarbeid om miljøvernforsking
Posten er på omlag same nivå som saldert budsjett 2015.
Mål
Tilskotet er kontingent for medlemskap i International Institute for Applied Systems Analysis (IIASA).
Oppfølging og kontroll
Kontingenten blir overført Noregs forskingsråd som tek hand om den norske medlemskapen.
Post 54 Artsprosjektet m.v.
Posten er på omlag same nivå som saldert budsjett 2015.
Mål
Det norske Artsprosjektet vart etablert i 2009. Det finst truleg rundt 55 000 arter i Noreg. Så langt er vel 44 000 av desse funne. For svært mange av artene har vi likevel mangelfull og dårleg grunnleggjande kunnskap. Samtidig er det eit sterkt behov for å styrkje kunnskapen om arter (biosystematikk). Artsprosjektet er oppretta for å fylle desse kunnskapshola og å byggje opp vitskapeleg kompetanse slik at vi i framtida er betre rusta til å kartleggje artsmangfaldet vårt. Artsdatabanken er ansvarleg for gjennomføringa av prosjektet og samarbeider nært med det svenske Artprosjektet ved ei bilateral samarbeidsavtale underteikna hausten 2009.
Oppfølging og kontroll
Mandatet for Artsprosjektet er vedteke av Klima- og miljødepartementet. Artsdatabanken har ansvaret for gjennomføringa av Artsprosjektet, og Artsprosjektet får årleg budsjett- og styringssignal av departementet via Miljødirektoratet. Artsdatabanken er ansvarleg for å rapportere planar, budsjettforslag og årsrapportar til Klima- og miljødepartementet, og for å halde departementet fortløpande orientert om arbeidet.
Rapport 2014
Artsprosjektet lyste også i 2014 ut tilskotmidlar til kartlegging, i tillegg til at det støtta 27 pågåande kartleggingsprosjektea som vart innvilga tilskot i tidligare års utlysningar (2010 – 2013). Totalt blei det fordelt 16,799 mill. kroner i støtte til ni nye prosjektar for perioden 2010 – 2013.
I 2014 vart det avhalde over 20 praktiske og teoretiske kurs og arrangert ein nordisk konferanse i regi av Forskerskolen i biosystematikk (ForBio). Dette er eit tverrinstitusjonelt samarbeid mellom dei fire naturhistoriske universitetsmusea i Noreg og er finansiert gjennom støtte frå Klima- og miljødepartementet (Artsprosjektet) og Kunnskapdepartementet (NFR/UNI-MUSEER).
Artsprosjektet bidreg til oppbygginga av eit globalt referansebibliotek, med DNA-strekkodar for arter frå Noreg. Nærmare 4000 arter og rundt 70 prosent av alt materiale som er sendt inn til DNA-strekkoding i 2014, har opphav frå kartlegginga i Artsprosjektet.
Artsprosjektet har i 2014 bidratt med midlar til utviklingen av infrastrukturen Arter på nett, som formidler kvalitetssikret informasjon om arter på Artsdatabanken sitt nettstad. Ved utgangen av 2014 innehaldt Arter på nett informasjon om ca. 1200 arter.
Artskart er Artsdatabanken sitt verktøy for formidling av stedfesta funn av arter, dette gjelder òg for Artsprosjektet. I 2014 er det, med avsette midler fra Artsprosjektet, arbeida med ein datamodell som gir grunnlag for ny søkefunksjonalitet slik at Artskart blir eit betre og meir brukarvennleg verktøy for både forvaltning og kartlegging.
Post 70 Nasjonale oppgåver ved miljøforskingsinstitutta
Posten er auka med 4 mill. kroner til klima- og miljøgiftovervaking ved Troll-stasjonen i Antarktis. Frå kap. 1471 Norsk Polarinstitutt er det flytta 2 mill. kroner for å dekkje NILUs utgifter på Zeppelinfjellet i Ny-Ålesund.
Mål
Målet er å syte for at Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk Institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for Kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for Vassforsking (NIVA) og Bioforsk har ressursar til fagleg rådgiving til miljøforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i internasjonale organ ved behov, informasjons- og opplysningsarbeid overfor forvaltning, kvalitetssikring av data, vidareføring av viktige lange overvakingstidsseriar, og etablering og vedlikehald av relevante nasjonale databasar m.m.
Løyvinga inkluderer 5,2 mill. kroner til driftsstøtte for luftmålestasjon til NILU på Zeppelinfjellet ved Ny-Ålesund.
Det ligg òg inne 4 mill. kroner i driftsstøtte til Forskingssenter for miljø og samfunn (CIENS) som har ansvar for å drifte Miljøprøvebanken. Vidare ligg det 1,15 mill. kroner til Senter for klimaforsking (Cicero), og midlar til nasjonale lakseoppgåver ved NINA.
Oppfølging og kontroll
Det er ein føresetnad at institutta drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med relevante etatar og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapportar og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for drøftingar av dei nasjonale oppgåvene.
Rapport 2014
I 2014 vart løyvinga mellom anna nytta til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i nasjonale og internasjonale organ, databasetenester, oppretthalding av algesamling som nasjonal referansesamling, vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av ville laksebestandar, nasjonal beredskap for konservering av kulturhistorisk viktige gjenstandar, driftsstøtte for målestasjonen på Zeppelinfjellet, Ny-Ålesund, referanselaboratorium for målingar av luftforureining og atmosfærisk korrosjon, og til vidareføring av viktige lange overvakingstidsseriar.
Post 72 Tilskot til GenØk – Senter for biotryggleik
Løyvinga på posten er uendra i høve til 2015.
Mål
Løyvinga skal sikre utviklinga av GenØk – Senter for biotryggleik som eit kompetansesenter på genteknologi. GenØk skal drive forsking, informasjon og rådgiving om helse og miljøkonsekvensar ved bruk av genteknologi og genmodifisering, for å sikre trygg bruk av genteknologi.
Oppfølging og kontroll
Det er ein føresetnad at instituttet drøftar prioriteringar og planar for gjennomføring med Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet. Det blir motteke rapport og reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med instituttet for å drøfte prioriteringar.
Rapport 2014
I 2014 var løyvinga nytta til fagleg rådgiving til miljøforvaltninga, mellom anna i form av rapportar til Miljødirektoratet i samband med GMO-høyringar, rådgiving om genmodifiserte vaksinar, og til forskingsprosjekt for å utvikle vidare kunnskapsgrunnlaget for vurdering av helse- og miljøkonsekvensar av genmodifiserte organismar. Dette er prosjekt innan mikro- og molekylærbiologi, immunepidemiologi og økologi, virologi, økotoksikologi og økosystem, og samfunnsvitskaplege aspekt ved moderne bio- og nanoteknologi.
Post 73 Infrastrukturtiltak til miljøinstitutta
Posten er redusert med 3 mill. kroner som har ligge inne som ekstraordinær støtte til Norsk institutt for kulturminneforsking i ei omstruktureringsfase.
Mål
Løyvinga skal støtte naudsynte infrastrukturtiltak ved miljøinstitutta Norsk institutt for by- og regionforsking (NIBR), Norsk institutt for luftforsking (NILU), Norsk institutt for naturforsking (NINA), Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU), Norsk institutt for Vassforsking (NIVA), Senter for klimaforsking (CICERO), Nansensenteret (NERSC – Nansen Environmental and Remote Sensing Center) og Transportøkonomisk institutt (TØI).
Av løyvinga skal 3 mill. kroner gå til å støtte drift av Norsk institutt for naturforskings forskingsstasjon på Ims som blir nytta til overvaking av villaks.
Oppfølging og kontroll
Det blir motteke reviderte rekneskapsoversyn for løyvingane, og kontroll skjer ved generell formalia- og sannsynskontroll. Det skal haldast årlege møte med kvart enkelt institutt for bruken av infrastrukturtiltaka i samband med drøftingane av dei nasjonale oppgåvene.
Rapport 2014
I 2014 vart løyvinga mellom anna nytta til maskinvare for utrekning av klimaprosessar og lagring av vitskapelege data, geofysiske undersøkingsmetodar i arkeologisk forsking, kopling av klimadata til den nasjonale reisevaneundersøkinga, storskala infrastruktur for forsking på interaksjonar land-sjø, vitskapelege databasar og datainfrastruktur, og delfinansiering av basisdrift ved Birkenesobservatoriet.
Programkategori 12.20 Klima, naturmangfald og forureining
Hovudinnhald og prioriteringar
Utgiftene under programkategori 12.20 gjeld resultatområde Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.
Programkategorien omfattar verksemda til Miljødirektoratet, samt noko av verksemda til Sjøfartsdirektoratet, Strålevernet og Kartverket (Mareano).
Løyvinga går til arbeidet med klima, til å ta vare på naturmangfaldet, bekjempe forureining og tilrettelegge for friluftsliv.
Miljødirektoratet er det sentrale rådgivande og utøvande fagorganet innan klima. Dette gjeld mellom anna arbeidet med klimatilpassing, klimareknskapen, overvaking av klimaendringane og koordinering av alle prosessar knytt til arbeidet i FN sitt klimapanel.
Innanfor naturmangfald er arbeidet med å sikre god tilstand i økosystema, sikring av truga og sårbare arter og å sikre eit representativt utval av norsk natur for kommande generasjonar prioritert. I dette arbeidet er betring av kunnskapsgrunnlaget eit viktig verkemiddel.
Forureiningspolitikken skal verne det ytre miljøet slik at forureining ikkje skader naturen si evne til produksjon og sjølfornying. Den skal sikre at forureining ikkje fører til helseskade eller dårlig trivsel.
Resultatområde
Tabell 7.2 Resultatområde under programkategori 12.20
Resultatområdet | Nasjonale mål |
---|---|
Naturmangfald |
|
Friluftsliv |
|
Forureining |
|
Klima |
|
Politikk for å nå dei nasjonale måla for naturmangfald
Nasjonal handlingsplan for naturmangfald
Alle land skal innan 2015 ha «utvikla, vedtatt og byrja gjennomføringa av ein nasjonal strategi og handlingsplan for biologisk mangfald som er effektiv, oppdatert og basert på medverking» (vedtak på partsmøte under Konvensjonen om biologisk mangfald i 2010). Regjeringa arbeider med ei stortingsmelding som vil innehalde forslag til verkemiddel og tiltak for å nå dei nasjonale og internasjonale måla om bevaring av naturmangfald. Iverksetjing av verkemiddel og tiltak vil starte opp i 2016. Arbeidet med oppfølging av meldinga vil krevje eit breitt sektorsamarbeid.
Betre kunnskap om naturmangfald – det økologiske grunnkartet
God kunnskap er naudsynt for å nå nasjonale mål for naturmangfald, sikre ei føreseieleg og effektiv forvaltning og leggje grunnlag for å unngå konfliktar. Kunnskapen skal vere lett tilgjengeleg for alle brukarar, både hos styresmakter og allmenta.
Det er gjennom mange år arbeidd med innhenting av kartfesta kunnskap om natur, men det er framleis kunnskapshol. Eit fleirtal av dei verdifulle naturområda ein trur finst på land og langs kysten er så langt ikkje kartlagt og lagt inn i nasjonale databasar.
Arbeidet med å etablere det økologiske grunnkartet er starta. Det økologiske grunnkartet inneheld kartfesta økologisk miljøinformasjon, og omfattar heildekkande informasjon om viktige miljøvariablar, og informasjon som er særleg forvaltningsrelevant eller har særskilt prioritet i forvaltninga. Klima- og miljødepartementet vil halde fram med arbeidet med å etablere det økologiske grunnkartet. Innhenta data skal leggjast til rette for bruk av sektorar og allmenta.
Departementet vil også oppretthalde satsinga på overvaking, og innhenting av lange tidsseriar frå denne overvakinga. Klima- og miljødepartementet vil vurdere korleis naturforvaltninga i større grad kan gjere nytte av satellittdata i naturovervakinga, til dømes for overvaking av arealbruksendringar. Til dømes kan EUs satelittprogram Copernicus bidra med viktige miljødata.
Rovviltforvaltning
Rovviltforvaltninga skal nå bestandsmåla for rovvilt, ha låge tap av beitedyr tekne av rovvilt og lågast mogleg konfliktnivå. Det skal gis realistiske lisensfellingskvotar, som skal setjast i verk så langt råd er. Alle forvaltningstyresmakter i rovviltforvaltninga skal ha høg beredskap og tett oppfølging med beitenæringa slik at vi så langt det er mogleg sikrar at uttak av rovvilt som gjer skade blir gjennomført i prioriterte beiteområde.
Rovviltnemndene skal arbeide for ei meir tydeleg soneinndeling mellom prioriterte beiteområde og prioriterte rovviltområde, jf. den todelte målsetjinga. Det følgjer av Stortingets samrøystes rovviltforlik i 2011 at ein i prioriterte rovviltområde må gjere nødvendige tilpassingar til rovviltførekomsten. Regjeringa vil på Klima- og miljødepartementets budsjett for 2016 øyremerke 10 mill. kroner til frivillig driftsomstilling til anna landbruksrelatert verksemd grunna rovvilt.
Lisensfelling skal vere hovudverkemiddelet i bestandsreguleringa av jerv. I dag er ikkje lisensfelling av jerv tilstrekkeleg effektiv til å regulere bestanden på det nasjonale bestandsmålet. Klima- og miljødepartementet har laga forskrifter som gjer mogleg ei praktisk utprøving av enkelte nye verkemiddel gjennom fleire prosjekt i ulike delar av landet. Utprøvinga vil gå over fleire år, og første lisensfellingsperiode med det nye verkemiddelet er lisensfellingsperioden 2015/2016. Klima- og miljødepartementet vil ha kontinuerleg oppfølging av prosjekta.
I 2015 vart eit nytt bestandsestimat for den norske bestanden av kongeørn klart. Klima- og miljødepartementet vil følgje opp forvaltinga av kongeørn i tråd med rovviltforliket.
Nasjonalt overvakingsprogram for tamrein som blei etablert i 2015 skal medverke til at det blir utbetalt riktig erstatning for tamrein tapt til rovvilt, men skal òg gi betre kunnskap om andre tapsårsaker i reindrifta enn rovvilt. Regjeringa vil arbeide for å leggje det Nasjonale overvakingsprogrammet for tamrein inn under dei nasjonale overvakingsoppgåvene.
Regjeringa planlegg å innføre ei ny risikobasert erstatningsordning for tamrein tatt av rovvilt frå beitesesongen 2016/2017. I tråd med rovviltforliket av 2011 skal den regionale forvaltinga og dei regionale bestandsmåla av rovvilt evaluerast innan 2016. Regjeringa vil vurdere behov for endringar i den regionale forvaltningsmodellen når evalueringa er ferdigstilt våren 2016.
Klima- og miljødepartementet vil vurdere om det i større grad enn i dag skal be Kontaktutvalet for rovviltforvaltninga om råd knytt til fortløpande prioriteringar i rovviltforvaltinga, og vegval med utgangspunkt i vedteken politikk.
Heilskapleg vassforvaltning
Vassforvaltningsplanane som blir vedtekne av fylkestinga i 2015, skal godkjennast av Klima- og miljødepartementet i løpet av våren 2016. Gjennomføring av vassforvaltningsplanane føreset innsats frå alle sektorar nasjonalt, regionalt og lokalt, og ansvar, verkemiddel og ambisjon for dei ulike statlege etatane vil bli synleggjort i den sentrale godkjenninga.
Arbeidet etter vassforskrifta er eit langsiktig arbeid som strekkjer seg mange år framover i tid. Å halde på kompetansen som er etablert på lokalt nivå er svært viktig for oppdatering av kunnskapsgrunnlaget, gjennomføring av nye tiltaksanalysar og gjennomføring av planane som gjeld for perioden 2016 til 2021.
Klima- og miljødepartementet vil bruke standardvilkåret for naturforvaltning til å betre tilstanden i utbygde vassdrag som ei systematisk oppfølging av miljømåla i vassdirektivet.
Regjeringa vil halde fram arbeidet med å utvide overvakingsnettet for store innsjøar og grunnvatn, og føre vidare og utvide overvakinga langs kysten, slik vassdirektivet føreset.
Heilskapleg forvaltning av havområda
Verdiskaping basert på bruk av marine ressursar er avhengig av god miljøtilstand og eit rikt naturmangfald i havet. Dei heilskaplege forvaltningsplanane for havområda er regjeringas verktøy for å samordne berekraftig bruk og vern av dei marine økosystema i dei norske havområda. Formålet med forvaltningsplanane er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og økosystem i havområda, og samtidig halde ved lag struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald i økosystema. Regjeringa vil føre vidare systemet med forvaltningsplanar. Regjeringa vil i 2020 leggje fram ei melding til Stortinget om revidering av forvaltningsplanen for Barentshavet – Lofoten. Arbeidet med det faglege grunnlaget for revideringa vil bli starta opp i inneverande stortingsperiode.
Kartleggingsprogrammet for havbotn, MAREANO, og overvakingsprogrammet for sjøfugl, SEAPOP, har gitt betydeleg ny kunnskap om marin natur, og begge programma vil bli førte vidare i 2016. Situasjonen for mange sjøfuglbestandar er dramatisk, og tiltak for å betre situasjonen vil bli prioriterte i 2016.
Klimaendringar og havforsuring er av dei største utfordringane som havmiljøet står overfor i tida framover. For å skaffe nødvendig kunnskap om effektane av forsuring på enkeltarter, i næringskjeda og på økosystema vil den langsiktige overvakinga bli halden ved lag.
Forvaltning av villaksen
I 2016 vil arbeidet med å utrydde parasitten Gyrodactylus salaris bli ført vidare i tråd med oppdaterte faglege tilrådingar, og arbeidet med å byggje fiskesperre i Driva vil halde fram med sikte på ferdigstilling i 2017. Kalking av laksevassdrag som er ramma av forsuring vil halde fram.
Arbeidet med overvaking og vidare oppbygging av fiskestammene i regionane Rauma, Lærdal, Vefsn og Rana vil halde fram. Den andre rotenonbehandlinga i Skibotnregionen er planlagt gjennomført i 2016, og metodar for å utrydde Gyrodactylus salaris i Drammensvassdraget vil bli utgreidde. Arbeidet med oppbevaring og oppbygging av lokale fiskestammer i genbank vil halde fram.
Frå og med 2016 vil det bli sett i verk nye reguleringar i laksefisket i elv og sjø. Forhandlingar med Finland om fisket mv. i Tanavassdraget vil bli ført vidare med sikte på at ei ny avtale skal vere i kraft i 2017.
Kvalitetsnorm for villaks er eit verktøy for å fastslå tilstanden til dei ulike laksestammene. Klima- og miljødepartementet vil i 2016 føre vidare arbeidet med å klassifisere dei viktigaste bestandane etter norma. Arbeidet med å knytte påverknader frå lakselus og rømt oppdrettsfisk til laksebestandar vil halde fram. Tiltak mot lakselus og rømming er òg omtalt i Nærings- og fiskeridepartementets budsjettproposisjon.
Tiltak mot framande organismar
Naturmangfaldlovas kapittel om framande organismar og forskrifta som høyrer til vil tre i kraft 1.1.2016. Regelverket skal medverke til å redusere dei negative verknadene av framande organismar. Det vil bli innført forbod mot innførsel, omsetning og utsetjing av enkelte særleg skadelege framande organismar. Regelverket stiller eit generelt krav om løyve for innførsel av organismar og utsetjing av framande organismar, men det blir gitt ei rekkje unntak. Regelverket inneber òg generelle og spesielle aktsemdskrav for ulike verksemder og tiltak.
Rettleiaren til forskrift om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål vil bli revidert i 2016. Regjeringa vil i den samanhengen vurdere å gjere saksbehandlinga enklare for bruk av utanlandske treslag til produksjon av juletre.
Sikring av verdiane i verneområda
God forvaltning av dei verna områda er ein føresetnad for å sikre naturverdiane og områda sin funksjon som leveområde for planter og dyr,og områda sin betydning for framtidige opplevingar og for verdiskaping i utmarkskommunane no og i framtida. Forvaltninga skal vere kunnskapsbasert, og ha ei god lokal forankring. Gjennom si deltaking i nasjonalpark- og verneområdestyra forvaltar kommunane om lag 80 pst. av det verna arealet i Noreg. Dei kommunane som ønskjer det, får no òg delegert mynde til å forvalte dei små verneområda. Mesteparten av det verna arealet i landet får slik ei lokal forankring.
Der det er naudsynt skal alle verneområde ha skjøtsels- og forvaltningsplanar som gir konkrete forvaltnings- eller bevaringsmål for området og retningslinjer om bruk, informasjon, skjøtsel og eventuell tilrettelegging. Dei siste åra har forvaltningsplanar for Ramsarområde blitt prioriterte, og dei fleste eldre Ramsarområda har no ein ferdig forvaltningsplan, eller ein slik plan er under arbeid. Arbeidet med å utarbeide forvaltningsplanar for alle Ramsarområda som vart melde inn til Ramsarkonvensjonen i perioden 2011–2013, vil halde fram i 2016.
Nye verneområde
Arbeidet med skogvern vil bli ført vidare i 2016. Dette skjer i hovudsak ved frivillig skogvern på privat grunn, og ved vern av skog eigd av Statskog SF og av Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar). Miljødirektoratet vil følgje opp Statsskog sitt sal av eigedommar ved å bruke forkjøpsretten på areal som er viktige for vern eller makeskifte.
Framdrifta i arbeidet med vern av skog på statsgrunn som involverer allmenningsstyre og fjellstyre har ikkje vore slik ein la til grunn i fleire proposisjonar til Stortinget. Miljødirektoratet har vurdert korleis framdrifta i dette arbeidet kan betrast. Erfaringane frå perioden 2008–2014 viser at frivillig vern på statsallmenning i liten grad har ført fram, og direktoratet viser til at det ikkje er motteke tilbod frå fjellstyre eller frå allmenningar som er oppretta etter lov om skogsdrift m.v. i statsallmenningane.
I 2016 vil departementet og Miljødirektoratet vurdere tiltak for om mogleg å oppnå høgare fagleg kvalitet og kostnadseffektivitet i skogvernet. Dette skal mellom anna skje ved utvida kartlegging av gammal skog som kan vere aktuell for vern.
Marint vern skal medverke til at eit utval av representative, særeigne, sårbare eller truga marine undersjøiske naturtypar og naturverdiar blir tekne vare på for framtida. I arbeidet med marine verneområde går det føre seg verneprosessar i ulike stadium for 18 av dei attverande 33 områda som er foreslått som marine verneområde. Verneforslag er venta ved utgangen av 2015 eller i 2016. Det er lagt vekt på gode verneprosessar lokalt, blant anna med utarbeiding av forvaltningsplan for nokre av verneområda parallelt med sjølve verneprosessen.
Pr. september 2015 gjenstår fire verneplanar i nasjonalparkplanen og ein fylkesvis verneplan. Det har dei siste åra komme lokale initiativ til å opprette nye nasjonalparkar. Føresetnaden for at slike forslag skal kunne følgjast opp, er mellom anna at dei inneheld naturtypar som er underrepresenterte blant eksisterande verneområde, at naturverdiane i områda oppfyller vilkåra for områdevern i naturmangfaldlova og at det er lokalpolitisk semje om framlegga. Jomfruland og Raet i Telemark og Aust-Agder er døme på slike område som vil vere i prosess i 2016. Det kan òg vere aktuelt å revidere andre eksisterande verneområde, anten ved endring av vernekategori eller grense- og forskriftsendringar. Som ei oppfølging av Stortingets vedtak i 1999 om å opprette Regionfelt Austlandet og kompensere dette med restaurering og vern av naturverdiane på Dovrefjell, er det starta verneplanprosess med utviding av Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark som eit ledd i tilbakeføring av Hjerkinn skytefelt til naturleg tilstand.
Naturinformasjonssentra og verdiskaping
For å betre formidling og informasjon i arbeidet med å sikre naturverdiane, vil regjeringa i 2016 setje i verk ein ny handlingsplan for naturinformasjonssentra som skal gjelde fram til 2020. Handlingsplanen legg vekt på at sentra mellom anna skal utvikla seg til å bli endå betre på å formidle informasjon om natur- og kulturverdiar, medverke i lokalsamfunna, vidareutvikle tydeleg profil og informasjon i tråd med ny merkevarestrategi og utvikle sterke fagmiljø saman med andre, til dømes forskarar, forvaltarar og bedrifter som driv med naturbasert reiseliv.
Ein ny merkevare- og kommunikasjonsstrategi for nasjonalparkane og dei andre verneområda blei presentert i 2015. Ved å gi nasjonalparkane ein meir tydeleg identitet og sikre heilskapeleg informasjon om nasjonalparkane sine verdiar og attraksjonar legg ein grunnlaget for at fleire skal bruke nasjonalparkane, og at den lokale verdiskapinga kan auke samtidig som naturverdiane i parkane blir sikra. I 2016 vil arbeidet med å implementere den nye strategien starte for alvor.
Miljø i planlegging
Arealpolitikk og samfunnsplanlegging etter plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel for å nå måla innan dei enkelte resultatområda for miljøforvaltninga.
God miljøkompetanse og tilstrekkeleg kapasitet er ein viktig føresetnad for ei utvikling som er berekraftig for miljøet, og skal mellom anna vere bygd opp gjennom arbeid i nettverk, erfaringsformidling frå utviklingsarbeid og andre rettleiings- og opplæringstiltak. Miljødirektoratet, Riksantikvaren, fylkesmennene og fylkeskommunane har viktige formidlingsoppgåver knytte til kommunal og regional planlegging innanfor miljøfeltet og skal gjere kommunane kjende med viktige nasjonale og regionale miljøinteresser.
Klima- og miljødepartementet vil prioritere arbeid med å tydeleggjere kva som er nasjonalt og regionalt viktige miljøinteresser. Viktige mål er betre klargjering og harmonisering av motsegnspraksis hos styresmaktene på miljøområdet, og å gjere planprosessen meir føreseieleg for planstyresmaktene. Dette vil medverke til betre og meir effektive planprosessar der miljøinformasjon tidleg vert trekt inn, og det blir meir dialog og mindre behov for bruk av motsegn. Dette gir òg grunnlag for at lokaldemokratiet kan utøvast på ein måte som er berekraftig innanfor ramma av den nasjonale miljøpolitikken.
Internasjonalt arbeid for å ta vare på naturmangfaldet
FN vedtok hausten 2015 17 allmenne berekraftsmål med ei rekkje delmål, der miljø, økonomi og sosiale forhold er integrerte. Naturmangfald er òg gjennomgåande godt teke vare på i måla ved at omsyn til miljø og klima er teke inn i tilnærminga til helse, vatn, mat, energi, byutvikling, arealplanlegging, økonomisk vekst og industrialisering. Noreg vil vere aktiv i å omsetje dei nye måla i konkret oppfølging. Fleire ministermøte i 2016, blant anna FNs miljøforsamling (UNEA-2), IUCN-kongressen og partsmøte i CBD og CITES, vil vere viktige arenaer i dette arbeidet. Frå norsk side vil ein i 2016 ha spesielt fokus på marin forsøpling, miljøkriminalitet og styrking av det faglege kunnskapsgrunnlaget for politikkutvikling.
FNs generalforsamling har vedteke å setje i gang forhandlingar om ei ny folkerettsleg avtale om vern og berekraftig bruk av marint naturmangfald utanfor nasjonal jurisdiksjon. Den nye avtala skal utfylle FNs havrettskonvensjon for tilgang til og fordelsfordeling frå marine genetiske ressursar, bruk av marine verneområde og konsekvensutgreiingar. Ein førebuande prosess vil bli sett i gang i 2016.
Bernkonvensjonen har vedteke å etablere eit nettverk av område der arter og naturtypar skal vernast mot skadelege tiltak, og der nødvendig skjøtsel skal utførast, såkalla Emerald Network-område. Det er teke sikte på formell innmelding av 718 område i desember 2016, i samband med partsmøtet i Bernkonvensjonen. Alle område er allereie etablerte som verneområde etter naturmangfaldlova kap. V, og dei gjeldande verneforskriftene vil normalt vere tilstrekkelege for å regulere aktivitet.
Med heimel i naturmangfaldlova § 26 vil ei ny forskrift «om innførsel, utførsel, reutførsel, omsetning og oppbevaring eller besittelse av truede arter av vill flora og fauna (CITES)» tre i kraft i 2016. Forskrifta vil erstatte forskrift 15. november 2002 nr. 1276 til gjennomføring av konvensjon 3. mars 1973 om internasjonal handel med truga arter av vill flora og fauna (CITES).
Landa som har slutta seg til Ramsarkonvensjonen har laga ein ny strategisk plan for perioden 2015 til 2024. Noreg vil starte oppfølging av planen i 2016. Hovudinnhaldet i oppfølginga av planen vil bli omtalt i stortingsmeldinga om nasjonal handlingsplan for naturmangfald som regjeringa legg fram i løpet av 2015. Naturpanelet (IPBES, International Panel on Biodiversity and Ecosystem Services) vil i 2016 ferdigstille sine første kunnskapsrapportar om høvesvis «Pollinering og matproduksjon» og «Bruk av scenario modellering i politikkutviklingen på naturmangfoldsområdet». Sistnemnde rapport vil bli aktivt brukt i dei kommande økosystemutgreiingane. Arbeid med regionale og subregionale utgreiingar er starta. Dei skal spele inn til ei større global utgreiing som er venta ferdig til 2019.
Gjennom at Noreg har fått ansvar for å medverke med ei støtteordning for kapasitetsbygging lokalisert i Miljødirektoratet i Trondheim har vi blitt part i et eit viktig verdsomspennande nettverk av kunnskapsinstitusjonar og ekspertar innan biologisk mangfald og økosystemtenester. Den 8. Trondheimskonferansen blir arrangert i juni 2016, med spesielt fokus på utfordringar og moglegheiter i jordbruket i forhold til dei endringane som går føre seg i det globale miljøet.
Genmodifiserte organismar (GMO) nasjonalt og internasjonalt
Bruken av GMO aukar i omfang i mange land, men norske styresmakter har så langt ikkje gitt aktivt løyve til genmodifiserte organismar for dyrking eller anna form for utsetjing i naturen. Våren 2015 fekk departementet fleire GMO-tilrådingar til vurdering frå Miljødirektoratet. Regjeringa vil så snart som mogleg, og innan utløpet av 2016 treffe vedtak i desse sakene. Noreg er ein pådrivar for å utvikle Cartagena-protokollen om handel med og bruk av GMO. Særleg gjeld dette rettleiing for risikovurderingar og vurderingar av samfunnsnytte.
Dei vitskaplege vurderingane på GMO-området har metodisk mykje til felles med vurderingar av framande organismar, mikroorganismar og handel med ville dyr og planter. For å sikre ei best mogleg samla og kunnskapsbasert forvaltning av naturmangfaldet i Noreg, har Klima- og miljødepartementet for ein prøveperiode på to år frå 2015 til 2017 lagt fleire av desse vitskaplege vurderingane til eitt organ, Vitskapskomitéen for mattryggleik (VKM).
Genressursar
Ei forskrift om tradisjonell kunnskap knytt til genetisk materiale skal etter planen sendast på høyring hausten 2015. Dette er eit ledd i gjennomføringa av Nagoya-protokollen under Konvensjonen om biologisk mangfald, om tilgang til genressursar og ei rettferdig og likeverdig fordeling av fordelar som følgjer av bruken av desse ressursane. Forskrifta skal leggje til rette for at urfolk og lokalsamfunn sine interesser blir tekne vare på og respekterte ved tilgang til og utnytting av kunnskap om genetisk materiale. I samarbeid med Nærings- og fiskeridepartementet blir det òg arbeidd med ei forskrift om uttak og utnytting av genetisk materiale under naturmangfaldlova og havressurslova. Det vil bli etablert prosedyrar i samsvar med reglane i Nagoya-protokollen for å kontrollere utnytting av genetisk materiale frå utlandet i Noreg.
Bevaring av naturmangfald som klimatiltak
Myrer, elvedeltaer og anna våtmark har ein vassregulerande effekt, for eksempel ved å absorbere store mengder nedbør og bremse flaumvatn. I tillegg er naturleg vegetasjon langs elvebreidder og elvekantar eit viktig vern mot flaumøydelegging og erosjon av elvebreidder. Vegetasjonskledde åsar kan redusere faren for og følgjene av skred. Norske myrer lagrar minst 950 millionar tonn karbon. Regjeringa vil i løpet av 2016 utarbeide, og setje i verk ein plan for perioden 2016 til 2020 for auka restaurering av myr og anna våtmark som klima- og naturmangfaldtiltak. Regjeringa ventar at fylkeskommunar og kommunar identifiserer viktige verdiar av naturmangfald og landskap, og tek vare på desse i regionale og kommunale planar.
Viltforvaltning
Økosystembasert og berekraftig hjorteviltforvaltning føreset god kunnskap om økosystema i skog og god kompetanse hos jegerane og i dei ulike forvaltningsorgana. Det vil bli arbeidd for å få på plass ei heilskapleg løysing for hjorteviltforvaltninga i 2016. Ei vidare utvikling av Hjorteviltportalen i 2016 har som mål at alle aktørar frå jeger til forvaltning skal ha god tilgang til relevante data, oppdatert kunnskap basert på forsking og gode høve til utveksling av kunnskap.
I samråd med Klima- og miljødepartementet vil Kommunal- og moderniseringsdepartementet avslutte arbeidet med dei to siste regionale planane for villreinfjella, og følgje opp utarbeiding av handlingsplanar og implementering i kommunale planar. 11 fylkeskommunar med i alt 61 kommunar har utarbeidd regionale villreinplanar som gir hovudtrekka i arealbruken og drøftar høve til lokal verdiskaping og utvikling. Det skal i 2016 gjennomførast avbøtande tiltak i villreinområde med spesielle utfordringar.
Klima- og miljødepartementet planlegg i 2016 å opprette Europeiske villreinområde for å stimulere til auka merksemd på villrein hos folk flest og satsing på villrein og villreinfjellet som reiselivsprodukt.
Politikk for å nå dei nasjonale måla for friluftsliv
Stortingsmelding om friluftsliv
Regjeringa vil vinteren 2016 leggje fram ei ny stortingsmelding om friluftsliv. Då er det 15 år sida den førre stortingsmeldinga om friluftsliv vart lagt fram. Regjeringa vil i meldinga leggje frem nasjonale målsetjingar for den statlege friluftslivspolitikken i åra som kjem, og foreslå rammer, føringar og verkemiddel for å nå desse måla.
Sikring, ivaretaking og tilrettelegging av friluftsområde
Det er stadig behov for å sikre nye område for friluftsliv, anten ved kjøp eller gjennom avtaler om varig bruksrett. I tillegg vil arbeidet med å omdisponere ulike typar statseigedom til friluftslivsformål halde fram. Område som kan brukast av mange, strandsoneområde, område ved innlandsvassdrag og område for fritidsfiske er prioriterte.
I 2016 vil formidling av resultata frå Miljødirektoratets nærmiljøsatsing overfor fylkeskommunar, kommunar, frivillige organisasjonar og friluftsråd vere prioritert.
I 2016 vil også prosjektet kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde bli prioritert. Målet er at alle kommunar i landet har kartlagt og verdsett friluftslivsområda sine innan 2018. Hovudmålet med prosjektet er å unngå at viktige friluftslivsområde blir bygt ned eller reduserte på annan måte på grunn av mangel på kunnskap.
I 2016 vil det bli arbeidd vidare med vern i Oslomarka, både etter markalova og etter naturmangfaldlova. Departementet vil sende på høyring forslag om endring av erstatningsføresegna i markalova § 11, slik at erstatning for vern av friluftslivsområde i Marka blir utmålt likt som erstatning for naturreservat etter naturmangfaldlova.
Stimulering til friluftsliv
Friluftsliv er eit sentralt verkemiddel i folkehelsearbeidet, og ein viktig del av norsk kulturarv og nasjonal identitet. Koplinga mellom fysisk aktivitet og naturoppleving er ei viktig kjelde til livskvalitet og folkehelse for svært mange menneske.
Barn, unge, personar som er lite fysisk aktive og personar med innvandrarbakgrunn er prioriterte grupper i den statlege friluftslivspolitikken. I tillegg er tiltak i nærmiljøet prioriterte, mellom anna for å gjere terskelen for å drive med friluftsliv låg.
Staten skal i større grad samordne innsats og verkemiddel frå ulike sektorar innanfor friluftsliv slik at desse får større effekt.
2015 har vore Friluftslivets år. Det er gjennomført ei rekkje aktivitetar og tiltak over heile landet i samband med året. I tillegg er det frå sentralt hald gjennomført fleire kampanjar, blant anna om allemannsretten, overnatting ute i friluft og ein eigen aktivitetskampanje. Erfaringane frå Friluftslivets år om korleis ulike tiltak innanfor stimulering og informasjon verkar, vil bli innarbeidd i statens vidare arbeid med friluftsliv.
Sikre allemannsretten
Regjeringa vil i samband med den nye stortingsmeldinga om friluftsliv vurdere om det er behov for endringar eller justeringar i friluftslova for å ta vare på og betre allmenta sine høve til å utøve friluftsliv.
Allemannsretten inneber ikkje berre rettar til ferdsel i utmark, men stiller òg krav om at det blir teke omsyn til naturverdiar, andre friluftslivsutøvarar og grunneigarar. Kunnskapen om dette skal aukast. Erfaringane frå kampanjen om allemannsretten som vart sett i gang hausten 2015 i samband med Friluftslivets år er viktig i dette arbeidet. Fleire element i kampanjen vil bli førde vidare i 2016 og åra framover, blant anna det elektroniske opplæringssystemet om allemannsretten for bruk i skuleverket. Dette opplæringssystemet er tilgjengeleg for alle på internett.
Motorferdsle i utmark – auka lokal forvaltning innanfor nasjonale retningslinjer
Våren 2015 vart motorferdslelova endra slik at det vart opna for at kommunane kan fastsetje snøskuterløyper for fornøyelseskøyring. Lova og tilhøyrande forskrifter set klare rammer for kor løypene kan leggjast, og stiller strenge utgreiings- og omsynskrav til kommunen.
Departementet vil i 2016 følgje med på verknaden av lovendringa – både med omsyn til talet kommunar som vel å fastsetje slike løyper, omfanget av løypene, utviklinga i snøskuterbruken og verknaden dette har for friluftsliv og naturmangfald.
Departementet vil gjennom fortløpande evaluering følgje med på effekten av lovendringa over tid for å innhente kunnskap som kan nyttast i den vidare utviklinga av regelverket om motorferdsel. Slik kunnskap vil òg gi innsikt som kommunane kan nytte når dei skal planleggje for nye løyper.
I Prop. 35 L (2014 – 2015) om endringer i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag mv. varsla regjeringa ei høyring av forslag om å opne for catskiing (transport med trakkemaskin for rekreasjonsføremål, til dømes transport opp i fjellet for køyring med alpinski ned). Ei slik høyring er planlagt hausten 2015. I 2016 vil regjeringa på bakgrunn av høyringa vurdere om det skal fremjast eit lovforslag om endringar i motorferdsellova som opnar for catskiing.
Samarbeid med friluftsorganisasjonar og andre
Departementet og den offentlege friluftslivsforvaltninga samarbeider nært med interkommunale friluftsråd og frivillige organisasjonar innanfor friluftsliv. For eksempel var friluftslivsorganisasjonane og friluftsråda sentrale i gjennomføringa av Friluftslivets år 2015, der Norsk Friluftsliv hadde ansvaret for dagleg leiing av planlegging og gjennomføring av året. Friluftslivsorganisasjonane, friluftsråda og andre frivillige organisasjonar har òg vore viktige bidragsytarar i arbeidet med den nye stortingsmeldinga om friluftsliv. I mange sikra friluftsområde har friluftsråd ansvaret for drifta. Friluftsråda og organisasjonane har mange viktige prosjekt og tiltak, både for å tilby alle befolkningsgruppar aktivitetstilbod og rekruttere til friluftsliv, og for å forvalte og ta vare på viktige friluftsområde.
Samarbeid og dialog med friluftslivsorganisasjonane og friluftsråda vil framleis vere eit prioritert område i departementet sitt arbeid med friluftsliv.
Evaluering av regelverket for bruk av vasskuter
Nytt regelverk for bruk av vasskuter vart innført 1. juli 2013. Forbodet mot bruk av vasskuter vart då erstatta med forbodsbelte, som strekkjer seg ut til 400 meter frå land i saltvatn og 500 meter frå land i ferskvatn. Det er tillete med transportkøyring i låg fart for å komme seg ut gjennom forbodsbelta. Ved lovendringa vart det samtidig bestemt at nytt regelverk skulle evaluerast etter sesongen 2014.
Etter sommaren 2014 gjennomførte Vista analyse, på oppdrag frå Miljødirektoratet, ei evaluering av vasskuterregelverket. Evalueringa viser at regelverket tek vare på natur- og friluftslivsinteresser, men at regelverket er krevjande å handheve for styresmaktene og krevjande å gjere seg bruk av for vasskuterførarar og publikum. Departementet vurderer nå endringar i føresegnene.
Politikk for å nå dei nasjonale måla for forureining
Forureiningslova skal verne det ytre miljøet mot forureining og redusere eksisterande forureining. Lova skal òg redusere mengda avfall og fremje betre avfallshandtering. Formålet er å sikre at forureiningar og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader naturen si evne til produksjon og sjølvfornying. Lova byggjer bl.a. på prinsippet om at forureinar betalar og prinsippet om føre var. Det skal takast utgangspunkt i den teknologien som, ut frå ei samla vurdering av noverande og framtidig bruk av miljøet og av økonomiske forhold, gir dei beste resultata. Forureiningslova set eit generelt forbod mot forureinande utslepp, men opnar for at verksemder kan søkje miljøstyresmaktene om utsleppsløyve. Produktkontrollova har som føremål å førebyggje at produkt og forbrukartenester medfører helseskade eller miljøforstyrring, under dette gjennom å fremje effektiv bruk av energi i produkt. Lova inneheld blant anna ei plikt om aktsemd for alle som har å gjere med produkt som kan medføre helseskade eller miljøforstyrring, og ei substitusjonsplikt som inneber at ei verksemd må vurdere sin kjemikaliebruk og gå over til mindre skadelege alternativ der det kan skje utan urimeleg kostnad eller ulempe. Til både forureiningslova og produktkontrollova er det fastsett ei rekkje krav i forskrifter. Tilsyn blir nytta for å avdekkje eventuelle brot på regelverket.
Andre viktige verkemiddel i forureiningspolitikken er internasjonale miljøavtaler, lover og forskrifter som er forvalta av andre styresmakter, avgifter som stimulerer til reduserte forureiningar, tilskot over statsbudsjettet og kunnskap om utslepp, spreiing og effektar av forureiningar.
Kjemikaliar
Kjemikaliepolitikken har som formål å redusere risiko for skade på helse og miljø knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt. Føre var-prinsippet skal brukast når kunnskapen om risiko for helse og miljø er usikker. For dei særleg prioriterte miljøgiftene på prioritetslista1 – for tida vel 30 stoff og stoffgrupper – er det lagt til grunn at bruk og utslepp skal stansast innan 2020. Ein viktig del av arbeidet vidare er å følgje opp desse både på nasjonalt og internasjonalt plan og å identifisere fleire miljøgifter som skal vere omfatta av 2020-målet.
Miljøskadelege kjemikaliar blir transporterte over lange strekningar med luft- og havstraumar, gjennom handel med produkt og gjennom avfallsstraumar. Derfor er både nasjonalt og internasjonalt arbeid svært viktig og ein føresetnad for å handtere utfordringane vi står overfor. Nasjonalt er forureiningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter sentrale verkemiddel. Etter produktkontrollova er det blant anna fastsett eit omfattande forskriftsverk om helse- og miljøskadelege kjemikaliar som er i stadig endring og utvikling. Produkt blir omsette internasjonalt, og norske forbod og andre reguleringar må vere i samsvar med Noregs internasjonale plikter om produktregulering og handel. Kjemikalieregelverket i Noreg og EU er harmonisert gjennom EØS-avtala. Hovudregelen er såleis at dei same krava skal gjelde i Noreg og EU.
EU har eit omfattande regelverk for registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH-regelverket). Vidare utvikling av dette regelverket er svært viktig i kjemikaliepolitikken. Noreg medverkar aktivt i arbeidet for å styrkje regelverket både med å foreslå regulering av stoff og ved gjennomgangen av regelverket som no går føre seg. Dette inkluderer endringar for å betre handteringa av nanomaterialar. Noreg vil leggje vekt på hormonforstyrrande eigenskapar i endå større grad når vi prioriterer kva stoff vi skal jobbe aktivt med for å få regulert i EU. EU-kommisjonen har i samband med regelverket for plantevernmiddel og biocid i EØS-området i oppdrag å foreslå ein definisjon og kriterium for kva som er å sjå på som hormonforstyrrande stoff. Dette arbeidet har gått saktare enn venta, og Noreg har i likskap med andre land teke til orde for at dette arbeidet må gjerast raskare. I tillegg må kvaliteten på den informasjonen som industrien leverer under REACH-regelverket i dag forbetrast. Vidare er informasjon eit viktig verkemiddel for å skape medvit rundt kjemikaliebruk og innhald i produkt. Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA (European Chemicals Agency), som har sete i Helsinki, er viktig i EUs kjemikaliearbeid. ECHA er navet i ei omfattande kunnskapsutveksling og vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget og er sentralt i arbeidet med nye reguleringar for å beskytte helse og miljø. Noreg er representert i alle komitear og i styret i ECHA. Vi har òg felles reglar med EU om produkt med biocid som blir nytta til å øydeleggje uønskte organismar.
Globalt er Noreg aktivt med i arbeidet under Stockholmkonvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Basel-konvensjonen om grensekryssande transport av farleg avfall, Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, Minamatakonvensjonen om kvikksølv og miljøgiftsprotokollane under FNs økonomiske kommisjon for Europa. Noreg støttar òg den globale kjemikaliestrategien SAICM. Vidare tek Noreg aktivt del i arbeidet med kjemikaliespørsmål innan FNs Sjøfartsorganisasjon og FNs miljøprogram.
Kunnskapsheving gjennom forsking, kartlegging av potensielt skadelege stoff i produkt, avfall og utslepp, og miljøovervaking er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Auka kunnskap om helse- og miljøskadelege kjemikaliar, er nødvendig for å identifisere risiko for helse og miljø, og for å kunne setje i verk effektive reguleringar og tiltak på eit tidleg tidspunkt. Betre kunnskap om miljøgifter i Arktis er av stor strategisk vekt for å få på plass regionale eller globale avtaler. fordi det er utbreidd internasjonal semje om at stoff som blir funne att i Arktis, langt frå utsleppskjeldene, utgjer alvorlege problem.
Opprydding i forureina grunn og sjøbotn er kostbart og tidkrevjande. Tiltak for å rydde opp i sjøbotn er fremja gjennom fylkesvise tiltaksplanar og prioritering av område som skal ryddast opp, jf. handlingsplanen for opprydding i forureina sjøbotn som vart lagt fram i St.meld. nr. 14 (2006 – 2007) Sammen for et giftfritt miljø. Av dei 17 prioriterte områda med forureina sjøbotn i handlingsplanen er no tre område rekna som ferdig rydda – Tromsø, Oslo og Harstad. Også i Kristiansand er det nær ferdig rydda, med berre mindre område som står att. I Trondheim er oppryddinga i full gang i 2015, og er planlagt avslutta i 2016. I budsjettet for 2016 er det gjeve midlar til opprydding i Puddefjorden i Bergen i 2016 – 17. I dei andre av dei 17 prioriterte kyst- og fjordområda er det òg blitt arbeidd aktivt, både med kartlegging av forureining, planlegging, overvaking og gjennomføring av tiltak i delområde. I fleire år har hovudvekta av arbeidet på dei prioriterte områda vore tiltak i innleiande fasar med undersøkingar, pilotprosjekt og liknande. Arbeidet er no komme over i ein fase kor fleire område i åra framover vert klar for tildekking, mudring og deponering av forurensa sjøbotn. Desse tiltaka er dei mest kostnadskrevjande i arbeidet. Det må prioriterast mellom dei ulike områda i den vidare gjennomføringa av opprydding.
I hovudsak er det prinsippet om at forureinar betaler som skal leggjast til grunn, og bruk av pålegg etter forureiningslova er eit viktig verkemiddel for å sikre nødvendig opprydding av forureina grunn og sjøbotn. Statlege styresmakter medverker med finansiering der dette er aktuelt, jf. omtale av tildelingskriteriar for oppryddingspostane kap 1420, post 39, 69 og 79.
Avfall
Det overordna målet med avfallspolitikken er å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Det er viktig å minimere utslepp av lokal forureining, klimagassar og miljøgifter frå avfall. Samtidig ønskjer ein å auke utnyttinga av ressursane i avfallet. Politikken på avfallsfeltet skal medverke til at meir avfall blir halde i krinsløp og kjem til nytte som råvarer.
Tabell 7.3 Avfallsdefinisjonar
Viktige omgrep | Definisjonar |
---|---|
Farleg avfall | Avfall som ikkje kan behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr. |
Gjenvinning | Fellesnemning for eit kvart tiltak der hovudresultatet er at avfall kjem til nytte ved å erstatte materialar som elles ville vorte brukte eller at avfall er vorte førebudd til dette, under dette førebuing til ombruk, materialgjenvinning og energiutnytting. |
Materialgjenvinning | Utnytting av avfall slik at materialet blir teke vare på heilt eller delvis, f.eks. produksjon av skrivepapir frå returpapir. |
Ved å stimulere til meir gjenbruk og gjenvinning, reduserer vi mengda avfall som går til sluttbehandling samtidig som vi utnyttar ressursane i avfallet betre. I tillegg inneheld mange typar avfall material som det kan vere miljømessig gunstig å nytte om igjen. Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane knytte til avfallsbehandling på lang sikt vil auke om ein ikkje lukkast med å førebyggje avfall.
Over tid har strengare krav til deponi og forbrenningsanlegg og bruk av meir miljøvenleg teknologi medverke til betydelege reduksjonar i utslepp til luft og vatn frå sluttbehandling av avfall. Sluttbehandling av avfall vil òg kunne føre til fare for utslepp av miljøskadelege stoff til jord, luft og vatn. Avfallsdeponi er strengt regulerte og deponia må samle opp sigevatnet og greie ut reinsebehovet.
Det blir produsert og omsett stadig fleire produkt, og mange av desse inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Auka kunnskap og større medvit om miljøgifter gjer òg at nye stoff og produkt blir klassifiserte som farleg avfall. Dette medverkar til at mengdene farleg avfall som oppstår aukar. For å medverke til å førebyggje farleg avfall er det viktig å arbeide for at det blir utvikla meir miljøvennlege produkt.
Farleg avfall kan ikkje behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr. Det er òg strenge reglar som skal hindre at slikt avfall blir eksportert til land utan kapasitet til å behandle det forsvarleg. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.
NOAH Langøya vil etter planen ikkje kunne ta imot farleg avfall etter 2026. Det er i dag ikkje andre norske anlegg som har kapasitet til å ta hand om den avfallsmengda som NOAH i dag behandlar. Miljødirektoratet er derfor bedt om å utgreie ulike lokaliseringar for eit nytt nasjonalt anlegg for mottak av farleg avfall. Ei slik utgreiing vil gi eit grunnlag for aktørar i marknaden som vil ta på seg ansvar for å etablere og å drive eit deponi for farleg avfall.
Sjølv om stadig meir farleg avfall blir forsvarleg teke hand om er det likevel farleg avfall som går til ukjent behandling. Det blir gjort ein særleg innsats for å auke innsamlinga av prioritert farleg avfall og å sikre forsvarleg handtering. Ei forskrift som skal sikre ei miljømessig betre og også meir effektiv regulering av farleg avfall trer i kraft 1. januar 2016. Auka innsamling av avfall som inneheld olje er prioritert, og informasjon til bransjen og tilsyn er styrkt. Informasjon til befolkninga, bedrifter og kommunar er òg ein viktig del av styresmaktene sitt arbeid for å auke innsamlinga av farleg avfall. Tilsyn med farleg avfall og samarbeid mellom involverte etatar er vesentleg styrkt dei siste åra, og dette arbeidet skal halde fram. Tilsyn har fått auka merksemd for å redusere illegal import og eksport, særleg eksport til fattige land. Frå 2015 er reaksjonane mot ulovleg eksport og import av farleg avfall skjerpa. Klima- og miljødepartementet vurderer fortløpande utviklinga på området, om verkemidla fungerer etter intensjonen og behovet for nye verkemiddel. For eksempel er det behov for å vurdere om det er mogleg å utnytte ressursane i det farlege avfallet utan at dette fører til auka risiko for helse og miljø.
Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; forureiningslova og forskrifter gitt i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Verkemidla skal sikre ein samfunnsøkonomisk og miljømessig god balanse mellom det som blir gjenvunne som material og det som blir brent eller deponert. Fleire verkemiddel skal stimulere til materialgjenvinning eller energiutnytting, under dette forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for fleire typar avfall. Det er òg etablert eigne retursystem for fleire ulike avfallsfraksjonar, mellom anna for elektrisk og elektronisk avfall, batteri, bilvrak, PCB-haldige isolerglasruter og fleire typar emballasjeavfall. Gode resultat frå retursystema medverkar til høg gjenvinningsgrad samtidig som miljøgifter i avfallet blir sikra ei forsvarleg behandling. Departementet vurderer verkemidla fortløpande. Forslag til endringar i retursystemet for drikkevareemballasje ligg no til vurdering i departementet.
Klima- og miljødepartementet sin avfallsstrategi inneheld både ein avfallsplan og eit program for avfallsførebygging. Strategien løfter fram enkelte prioriterte område som miljøstyresmaktene vil arbeide med framover. Dette er blant anna avfallsførebygging, betre utnytting av ressursane i avfallet gjennom meir materialgjenvinning av blant anna plast og tekstil, og auka kunnskap om miljøgifter frå bilvrak. Klima- og miljødepartementet leier no eit arbeid der fleire departement arbeider fram ei avtale med bransjen for å redusere svinn av mat. Ei intensjonsavtale vart signert i mai 2015. Den vil leggje rammer for arbeidet med å setje reduksjonsmål, finne effektive tiltak, identifisere kjelder og utvikle indikatorar i heile matkjeda.
Innsatsen for å halde nede marin forsøpling er trappa opp. Frivillige organisasjonar, velforeiningar, skuleklassar og enkeltpersonar gjer ein stor innsats med å rydde søppel frå strender og i skjergarden. Det er frå 2015 oppretta ein eigen tilskotspost for å støtte opp om frivillige oppryddingstiltak, haldningsskapande arbeid og lokalt engasjement i arbeidet mot marint søppel. Tiltak for å redusere tilførsel av plastavfall og anna søppel er ein del av avfallspolitikken.
Regjeringa vil òg prioritere gjennomføring av tiltak under handlingsplanen mot marin forsøpling under OSPAR-konvensjonen. Innanfor OSPAR har Noreg teke leiaransvar på utvikling av tiltak for reduksjon av plastavfall frå fiskerinæringa og utgreiing av best tilgjengelege teknikkar for reinsing av mikroplast i kloakkreinseanlegg. Det er òg starta eit prosjekt der fiskarar på frivillig basis leverer inn søppel dei har fått opp frå havet til utvalde hamner for registrering og vidare avfallsbehandling. Oppfølging av det norske forslaget om mikroplast som blei vedteke av FNs miljøforsamling (UNEA) i 2014, er òg høgt prioritert. Ein rapport om havforsøpling og mikroplast skal leggjast fram på møtet i miljøforsamlinga i 2016.
Radioaktive stoff
Nivået på radioaktiv forureining generelt er lågt. Utslepp og avfall er nært knytt til aktiviteten i ulike sektorar. Radioaktive stoff er nytta til mellom anna behandling av pasientar på sjukehus og i forsking og utdanning. Dette kan medføre utslepp av radioaktive stoff. Det er òg radioaktive komponentar i enkelte forbrukarprodukt som for eksempel røykvarslarar. Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan òg oppstå som eit biprodukt i ulike typar prosessindustri, og ved utvinning av mineral og graving i alunskiferhaldig grunn. Forureining og avfall følgjer av oppkonsentrering av naturleg førekommande radionuklidar som finst i berggrunnen, slik som ved utvinning av olje og gass, og ved framstilling av radioaktive stoff og drift av forsøksreaktorane til Institutt for energiteknikk (IFE). Noreg har vesentleg høgare utslepp av produsert vatn frå petroleumsverksemda enn dei andre nordsjølanda. Radioaktiv forureining av norske land- og havområde skjer vidare frå internasjonale kjelder, slike som historiske atomsprengingar i atmosfæren og Tsjernobyl-ulykka. Framtidige ulykker knytte til anlegg i nærområda våre, i særleg grad dei gamle atomkraftverka i Russland, vil kunne ha store konsekvensar for Noreg. I 2016 vil det bli arbeidd vidare med å auke deponikapasitet for radioaktivt avfall, med spesiell fokus på deponiløysingar for alunskifer og løysingar for det brukte atombrenselet frå forskingsreaktorane.
Langtransportert luftforureining
Det nasjonale og internasjonale arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining er basert på omfattande kunnskap gjennom overvaking, forsking og analysar av utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar og felles strategiar for å redusere utslepp i tråd med felles miljømål. Noreg deltek aktivt i arbeidet med å evaluere effektane av internasjonale avtaler og å utvikle fagleg grunnlag for utvikling av nye avtaler på området. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforsking og Norsk institutt for vassforsking medverkar i vesentleg grad til kunnskapsutviklinga gjennom sine funksjonar som internasjonale fagsenter under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining. Både Miljødirektoratet og andre norske fagmiljø deltek i arbeidet i ekspertgrupper under konvensjonen.Den viktigaste faglege oppgåva er no å leggje grunnlaget for framtidig utvikling av Gøteborgprotokollen.
Landa som deltek i samarbeidet under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining har i Gøteborgprotokollen teke på seg talfesta forpliktingar om å redusere sine utslepp av forureiningar til luft. Regjeringa ser det som svært viktig å overhalde dei internasjonale forpliktingane på dette området. Av utsleppa som er omfatta av protokollen, blir utslepp av svovel (SO2), nitrogenoksid (NOx) flyktige organiske sambindingar (NMVOC) og partiklar regulerte i utsleppsløyve etter forureiningslova og i tråd med føresegnene i relevante EU-direktiv som er innlemma i EØS-avtala. Utslepp av SO2, NOx, NMVOC og partiklar er òg regulerte i forskrifter etter forureiningslova, produktkontrollova og relevant sektorlovgiving. Noreg vil i arbeidet med å redusere langtransportert luftforureining òg leggje vekt på at landa skal redusere forureinande utslepp som medverkar til klimaendringar, mellom anna svart karbon (sot).
Hovudinnsatsen innanfor det nasjonale arbeidet med langtransportert luftforureining er no å redusere utsleppa av ammoniakk (NH3) i tråd med forpliktingane i Gøteborgprotokollen. Nærare 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. Ammoniakkutsleppa var i 2013 og 2014 om lag 4 000 tonn høgare enn dei internasjonale forpliktingane som gjeld frå 2010 om å halde dei årlege utsleppa på maksimalt 23 000 tonn. Regionale miljøprogram i jordbruket stimulerer til reduserte utslepp av ammoniakk frå handtering av husdyrgjødsel.
NOx-avgifta og Miljøavtala mellom Klima- og miljødepartementet og næringsorganisasjonane om reduksjon av NOx-utsleppa er særleg viktige verkemiddel for å redusere desse utsleppa. Miljødirektoratet har stadfesta at næringslivsorganisasjonane har oppfylt sine reduksjonsforpliktingar for åra 2008–2014, og at vilkåret for avgiftsfritak desse åra dermed er oppfylt. Den noverande miljøavtala om reduksjon av NOx-utsleppa gjeld ut 2017. Regjeringa vil forhandle med organisasjonane om ei ny avtale som grunnlag for vidare fritak for NOx-avgift etter 2017. Forhandlingar kan starte så snart nivået på Noregs internasjonale utsleppsforpliktingar fra 2030, under dette eventuelle nye forpliktingar er nærare avklart.
EU har innlemma forpliktingane i Gøteborgprotokollen av 1999 i sitt direktiv om nasjonale utsleppstak for forureiningar til luft, «takdirektivet». Direktivet er innlemma i EØS-avtala. Noreg har her dei same utsleppsforpliktingane som i Gøteborgprotokollen av 1999. Forslag til eit nytt direktiv om reduksjon i forureinande utslepp til luft er no til behandling i EU. Forslaget inneber gjennomføring i EU av dei nye utsleppsforpliktingane i den reviderte Gøteborgprotokollen av 2012. Kommisjonen foreslår i tillegg nye utsleppsforpliktingar som skal gjelde frå 2030.
Det er viktig å medverke til at fleire av landa i Sør- og Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia sluttar seg til Gøteborgprotokollen. Noreg medverkar til tiltak for å implementere protokollen i fleire av desse landa gjennom støtte til kapasitetsbygging i regi av FNs Økonomiske kommisjon for Europa.
Regjeringa arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten.
Lokal luftforureining
Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for å nå måla om luftkvalitet, og ei pådrivarrolle mot andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere luftforureining. Fleire potensielle tiltak og verkemiddel som kan redusere luftforureiningar ligg utanfor Klima- og miljødepartementets myndeområde.
Nivåa av svevestøv viser ein nedgåande trend sidan 2004. Sidan 2008 har berre nokre få byar brote grenseverdien i forureiningsforskrifta, med unnatak for 2013 då fire byar var over den lovlege grensa. Det er likevel eit stykke igjen til det nasjonale målet for svevestøv. Dei fleste stadene har NO2-konsentrasjonane vore stabile gjennom det siste tiåret. Det nasjonale målet for NO2 blir berre overskride i dei største byane, men der trengst det fleire tiltak for å redusere NO2-utsleppa.
Forureiningsforskrifta kapittel 7 er det sentrale verkemiddelet for lokal luftkvalitet. I forskrifta er kommunane gjort til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Forskrifta gir grenseverdiar for konsentrasjonar av ei rekkje stoff i luft. Det er i 2015 avgjort at grenseverdiane for partiklar (svevestøv) skal skjerpast frå 2016, i tråd med tilråding frå Miljødirektoratet med fleire frå 2014. Ytterlegare skjerping skal vurderast frå 2020, basert på eit oppdatert kunnskapsgrunnlag som skal utarbeidast i 2018. Forureiningsforskrifta stiller òg krav til målingar, utrekningar, utgreiingar av tiltak og rapportering. Forskriftskrava har utspring i EUs rammedirektiv for luftkvalitet, som er teke inn i EØS-avtala.
Dei siste åra har det vore viktig å utvide verktøykassa til kommunar og anleggseigarar, slik at det kan setjast i verk tiltak i periodar med overskridingar av grenseverdiane i forureiningsforskrifta. Rettleiar TA-2842 frå 2011 klargjer ansvarsforhold ved innføring av tiltak, og når desse skal innførast.
Som følgje av overskridingane av grenseverdiane i perioden 2009–2012 har ESA brakt Noreg inn for EFTA-domstolen for brot på luftkvalitetsdirektivet. Overskridingane er ikkje avviste frå norsk side. ESA peikar òg på manglar ved kommunane sine tiltaksutgreiingar.
For å leggje til rette for ytterlegare tiltak som betrar luftkvaliteten, har regjeringa sett i gang ei rekkje arbeid. Mellom anna skal det leggjast til rette for at kommunar som ønskjer det kan opprette lågutsleppsoner. Tilsvarande skal dei kunne stille krav til utslepp ved tildeling av drosjeløyve. Høvet til å differensiere bompengesatsane på bakgrunn av miljøeigenskapar og høvet til å avvise skip frå hamn på dagar med høg luftforureining, blir òg vurderte. Eit nasjonalt berekningsverktøy for lokal luftkvalitet er under etablering.
Regjeringa vil vurdere tiltak for å redusere svevestøv og anna luftforureining. Dette er i tråd med tilrådinga frå Miljødirektoratet med fleire nemnt over, og slik Stortinget har bede om jf. Innst. 301 S (2014–2015). Tiltaka vil bli vurderte i tett samarbeid med dei kommunane dette rører ved.
Støy
Regjeringa vil arbeide for å redusere støyplager gjennom å følgje opp nasjonale og internasjonale forpliktingar. Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Klima- og miljødepartementet har det overordna ansvaret for støy og ei pådrivarrolle overfor andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere støyplager. Dei ulike sektordepartementa har hovudansvaret for å sikre at støyplaga blir redusert innanfor sin samfunnssektor, og å medverke til at det nasjonale målet for støy kan bli nådd.
Talet på støyplaga personar blant dei som var utsette for høg støy ved bustaden i 1999 er redusert, men ikkje raskt nok sett opp mot målet for 2020. Talet på personar utsette for høg innandørs støy aukar. For å nå det nasjonale målet trengst fleire tiltak.
Forureiningsforskrifta kapittel 5 stiller krav om at anleggseigarar gjennomfører støyreduserande tiltak ved/på bustader der innandørs støy overstig 42 dB. EUs rammedirektiv for støy er òg teke inn i forureiningsforskrifta, og i tråd med dette skal anleggseigarar og dei største bykommunane kartleggje støy og utarbeide handlingsplanar for å redusere støy.
Ei rekke tiltak er fastsette i ein nasjonal handlingsplan mot støy. Klima- og miljødepartementet oppdaterte i 2014 handlingsplanen ut 2015 saman med sektordepartementa og med innspel frå etatane. Miljødirektoratet er i 2015 gjeve i oppdrag å utarbeide innspel til oppdatert handlingsplan for perioden fram til 2020.
Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er kanskje det viktigaste verkemiddelet for å førebyggje støyproblem. Det er gitt ei felles retningslinje (T-1442/2012) for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene. Klima- og miljødepartementet har i 2015 gitt Miljødirektoratet i oppdrag å evaluere retningslinja.
Politikk for å nå dei nasjonale måla for klima
Dei nasjonale måla på klimaområdet omfattar mål for 2020, 2030 og 2050. For å redusere utsleppa og omstille Noreg til eit lågutsleppssamfunn forsterkar regjeringa stadig verkemiddelbruken. Regjeringa sin politikk nasjonalt må sjåast i samanheng med Noregs internasjonale forpliktingar og satsingar.
Dei viktigaste verkemidla i norsk klimapolitikk er CO2-avgifta og EUs kvotesystem, som set ein pris på utslepp av klimagassar. Om lag 80 pst. av dei samla norske utsleppa er omfatta av desse verkemidla. Miljødirektoratet har ansvaret for kvotesystemet og den norske kvoterekneskapen under Kyoto-protokollen. Nærare detaljar om CO2-avgifta står i Prop. 1 LS (2015–2016) Skatter og avgifter 2016 frå Finansdepartementet.
Virkemidler som bidrar til innovasjon og teknologiutvikling innen klima- og lavutslippsløsninger er sentralt. Dette gjeld både generelle ordninger under Norges Forskningsråd, Innovasjon Norge og andre aktørar i FoU-systemet, og tematiske eller øremerka midler som bl.a. miljøteknologiordninga under Innovasjon Norge og satsinga på ny energi- og klimateknologi under Enova. Forskingsrådet har samla sett ei rekkje verkemiddel som medverkar til å støtte målet om at Noreg fram mot 2050 skal bli eit lågutsleppssamfunn. Ein stor del av innsatsen er innretta for å utvikle ny lågutsleppsteknologi. Men for å realisere utsleppsreduksjonane som teknologien gjer mogleg, er det avgjerande å handtere ikkje-teknologiske utfordringar. Denne forskinga ser blant anna på verkemiddelstruktur, kommunikasjon og kompetanse i næringslivet og hos forbrukarar. Ein stadig større del av befolkninga bur i byar, bynære område og tettstader. Den offentleg finansierte forskingsinnsatsen må medverke til nye løysingar for næringstransport i by, reduksjon av privat biltransport, kunnskap om effektar av tiltak og verkemiddel. Den samla innsats i regi av Noregs forskingsråd med betydning for lågutsleppsutvikling er utrekna til om lag 1,2 mrd. kroner 2015.
I tillegg blir det nytta andre verkemiddel, mellom anna direkte regulering, standardar, avtaler og tilskot til utsleppsreduserande tiltak. Sentralt lovverk i klimapolitikken er forureiningslova, plan- og bygningslova og produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter. Dei nye statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging frå september 2014 har blant anna som mål at utbyggingsmønster og transportsystem skal fremje kompakte byar og tettstader og leggje til rette for klima- og miljøvenleg transport.
Klimatilpassing
Kommunane er store forvaltarar av eigedom og infrastruktur, og har i tillegg ansvar for ei rekkje verksemder og tenester som kan bli påverka av klimaendringane. Arealplanlegging er eit viktig verktøy i arbeidet med klimatilpassing, og for ytterlegare å styrkje kommunane sitt arbeid på dette området blir det no utarbeidd ei statleg planretningslinje for klimatilpassing. Fylkeskommunane og Fylkesmannen har eit viktig ansvar, inkludert rettleiing og bistand til å sikre heilskapleg og regionalt koordinert tilpassingsarbeid.
Klima- og miljødepartementet har ansvar for å leggje til rette for regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing. Frå 1. januar 2014 har Miljødirektoratet vore den fagetaten som støttar Klima- og miljødepartementet i dette arbeidet. Det inneber å koordinere det heilskaplege klimatilpassingsarbeidet, men grip ikkje inn i dei ansvarsområda som ligg under andre styresmakter. Midlane til klimatilpassing på Klima- og miljødepartementets budsjett blir føreslått førte vidare frå 2015 til 2016 under Miljødirektoratet. Det er sett av 6 mill. kroner til ei tilskotsordning for kommunar, og 5 mill. kroner for å auke kunnskapen om klimaendringar og formidling av denne kunnskapen.
Andre statlege etatar har òg ansvar som er knytt opp mot klimatilpassingsarbeidet. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap følgjer mellom anna opp kommunar og fylkeskommunar i deira risiko- og sårbarheitsanalysar. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har ansvar for flaum og skred. Førebygging av flaum og skred er eit viktig klimatilpassingstiltak. I statsbudsjettet for 2015 vart løyvingane til førebyggjande tiltak mot flaum og skred under NVE auka med om lag 55 mill. kroner. Regjeringa foreslår ei ytterlegare ekstraordinær styrking på 100 mill. kroner til flaum- og skredtiltak i 2016 som del av ei tiltakspakke for å auke sysselsettinga. Vidare blir NVE sitt budsjett styrka med 80 mill. kroner i 2016 til naudsynt opprydding og sikring etter flaumen på Vestlandet i oktober 2014. Sjå Prop. 1 S (2015–2016) frå Olje- og energidepartementet.
Internasjonalt klimaarbeid
Den nye klimaavtala i Paris i desember 2015 blir eit avgjerande fundament for større innsats for å redusere klimagassutsleppa og å tilpasse seg klimaendringar. Mykje av dette arbeidet må følgast opp neste år, slik at Noreg kan vere med å utvikle regelverk som kan støtte under Paris-avtalen. Klima- og skogsatsinga er Noreg si største internasjonale klimasatsing, og er saman med kjøp av klimakvotar vårt viktigaste bidrag til å redusere utslepp i utviklingsland (se omtale under programkategori 12.70). Andre hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet er innrettinga av klimafinansiering i den nye klimaavtala, utviklinga av internasjonale karbonmarknader og utfasing av subsidiar til fossile brensle, samt kortlevde klimaforureiningar. I tillegg kjem innsats innan klimatilpassing til klimaendringar i utviklingsland.
Ei ny internasjonal klimaavtale
Dei overordna måla til Regjeringa er å medverke til at forhandlingane fører til ei ambisiøs og rettferdig klimaavtale. Noreg er ein pådrivar og konstruktiv partnar i forhandlingane om ei ny klimaavtale. Frå norsk side arbeider ein for ein så forpliktande tekst som mogeleg, samstundes som den må få brei deltaking. Kjernen i avtala bør vere ei forplikting til å legge fram jamnlege mål om utsleppsreduksjonar og eit sterkt felles regelverk for oppfølginga. Avtala bør leggje til rette for at utsleppsreduksjonar blir gjennomførte på ein samfunnsøkonomisk best mogleg måte.
Noreg fekk ei brubyggjarrolle under klimakonferansen i Lima i desember 2014. Frå norsk side har ein ført vidare dette engasjementet med å bringe partane nærare kvarandre, mellom anna gjennom møter på ministernivå og gjennom deltaking i ulike nettverk på tvers av forhandlingsgruppene.
Klimakonvensjonen av 1992 har ikkje noko talfesta forplikting for å redusere utslepp og berre 10 til 15 pst. av dei globale klimagassutsleppa er dekte av Kyotoprotokollen. Den nye klimaavtala vil byggje på nasjonalt bestemte klimamål og vil gjelde alle, både industriland og utviklingsland. Avtala blir ikkje effektiv utan at dei store utsleppslanda blir med.
Utfallet i Paris kan bli mindre forpliktande og mindre ambisiøst enn det ein mellom anna på norsk hald arbeider for. Det blir til dømes truleg ikkje mogeleg å nå semje om at dei talfesta utsleppsmåla som landa spelar inn skal vere folkerettsleg bindande.
Dei store utsleppslanda har no lagt fram sine nasjonale klimamål for den nye avtala og det er venta at fleire land vil presentere sine klimamål før klimakonferansen i Paris. Alle landa skal trappe opp innsatsen, men ein kan alt no slå fast at summen av dei nasjonale klimamåla ikkje er tilstrekkeleg til å halde den globale oppvarminga til under to gradar. Noreg var det tredje landet i verda som la fram sitt klimamål til den nye klimaavtala, 27. mars i år. Noreg vil på visse vilkår ta på seg ei forplikting om minst 40 pst. reduksjon av utsleppa våre i 2030, jamført med 1990, jf. Meld. St. 13 (2014 – 2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030 (se omtale av alle Noregs utsleppsmål under 3.5. Klima). Noreg er i dialog med EU om å inngå ei avtale om i fellesskap å oppnå denne klimaforpliktinga.
Det vil ikkje vere mogeleg å få på plass ein intensjonsavtale med EU om dette allereie før klimakonferansen i Paris, men EU har stadfesta at dei ønskjer ei felles måloppnåing med Noreg. Ein felles oppfylling av klimamåla med EU vil legje grunnlaget for ein meir effektiv klimapolitikk og styrke samarbeidet for ein global klimaavtale. Arbeidet med utforming av EUs regelverk for 2030-målet er i gang, og vil danne grunnlag for ei avtale mellom Noreg og EU. Noreg søkjer aktivt å påverke EUs regelverk. Det vil tidlegast i 2016 eller 2017 vere mogeleg å forhandle ferdig ei avtale om dette med EU.
Dersom ei felles løysning med EU ikkje fører fram, står Noreg sitt klimamål om minst 40 pst. reduksjon av utsleppa i 2030 jamført med 1990 fast. Vilkåret for dette er tilgang på fleksible marknadsmekanismar under Klimakonvensjonen.
Noreg vil framleis ha ei sjølvstendig stemme i klimaforhandlingane.
Når det gjeld Noregs klimaforplikting fram mot 2030, viser ein til Innst. 211 S (2014 – 2015), jf. Meld. St. 13 (2014 – 2015), der det er slått fast at «Norge vil gå i dialog med EU om å inngå en avtale om felles oppfyllelse av klimaforpliktelsen sammen med EU, med et klimamål på minst 40 pst. kutt i 2030 sammenlignet med nivået på utslippene i 1990.»
På klimakonferansen i Paris skal det òg diskuterast og gjerast vedtak også for auka innsats fram mot 2020.
I innspelet til FN om bidrag til ei ny klimaavtale har Noreg understreka målet om å vere klimanøytral i 2050. Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der òg andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar som svarer til norske utslepp i 2030.
Per 1. september har rundt 30 land og regionar sendt inn sine bidrag. Samla står desse for om lag 70 pst. av verdas utslepp. Det er stor forskjell i korleis landa har utforma sine innspel. Førebelse utrekningar viser likevel at innspela ligg eit stykke unna det som vil bli kravd for å nå togradersmålet på ein effektiv måte. Innan 1. november i år skal klimakonvensjonen sitt sekretariat leggje fram ein rapport med oversikt over bidraga som er sende inn, og kva samla effekt dei er berekna å ha. Regjeringa følgjer situasjonen nøye fram mot Paris.
Regjeringa vil halde fast på målet om å avgrense temperaturauken til under to grader som sjølve målestokken for kva slag samla tiltak som må til globalt. Det er difor behov for ei avtale som har eit langsiktig perspektiv og som medverkar til auka innsats i åra som kjem. Noreg har fremja forslag om at avtala må få eit langsiktig mål om netto null utslepp eller klimanøytralitet. Det vil seje at dei globale utsleppa av drivhusgassar fratrukket opptak, for eksempel i skog eller gjennom fangst og lagring av CO2, ikkje skal overstiga null. Noreg arbeider dessutan for at det blir laga reglar for jamleg gjennomgang av klimamåla, med sikte på å auke ambisjonane over tid. Klimakonferansen i Paris blir slik sett både eit sluttpunkt for ein lang forhandlingsprosess og ei plattform for meir ambisiøst globalt klimasamarbeid over tid.
Alle spørsmål knytte til utvikling av regelverk for den nye klimaavtala blir truleg ikkje løyste under klimakonferansen i Paris i år. Regjeringa vil føre vidare innsatsen for eit sterkt klimaregime i 2016. Å utvikle eit godt regelverk for å overvake, rapportere og verifisere utsleppsreduksjonar vil vere blant dei prioriterte oppgåvene frå norsk side neste år. Arbeidet med å tilpasse seg klimaendringar er òg eit sentralt element i ei ny klimaavtale. Regjeringa arbeider for at alle land skal ha eit tydelegare ansvar for å tilpasse seg og førebyggje negative konsekvensar av klimaendringar. Eit slikt ansvar bør ein understøtte med finansiering, teknologi og kapasitetsbygging for sårbare utviklingsland.
Klimafinansiering
Noreg har bygt opp truverde som ein betydeleg bidragsytar av klimafinansiering over mange år. Klima- og skogsatsinga er Noreg sitt største bidrag til klimafinansiering. Når det gjeld støtte til klimatilpassing prioriterer Noreg dei minst utvikla landa, og legg særleg vekt på mattryggleik, ernæring og helse.
Noreg har spelt ei sentral rolle i opprettinga av Det grøne klimafondet, der vi sidan hausten 2014 har hatt formannskapet saman med Peru. Noreg har forplikta seg til å overføre 1,6 mrd. kroner til fondet i perioden 2015 – 2018. Under den første påfyllingsperioden hausten 2014 vart det totale bidraget frå ulike statar over 10 mrd. amerikanske dollar.
Noreg skal spele ei pådrivarrolle for å utvikle og konkretisere viktige prinsipp om finansiering i den nye avtala. Noreg vil arbeide for å oppskalere internasjonal klimafinansiering, frå offentlege og private kjelder. Samstundes er det eit grunnleggjande nasjonalt ansvar å mobilisere ressursar for gjennomføring av klimatiltak. Noreg vil òg arbeide for å gjere finansieringa meir effektiv. Finansiell støtte til utsleppsreduserande klimatiltak må vere basert på at ein oppnår resultat i form av reelle utsleppsreduksjonar. Her bør ein bl.a. trekkje på erfaringar frå klima- og skogsatsinga og Den grøne utviklingsmekanismen. Denne tilnærminga blir òg følgt opp i arbeidet med Det grøne klimafondet.
Internasjonale karbonmarknader, prising av utslepp og utfasing av subsidiar til fossile brensler
Bruk av ulike former for marknadsmekanismar har både ført til store utsleppsreduksjonar og investeringar i mange utviklingsland. Den grøne utviklingsmekanismen, som ligg til grunn for statens kvotekjøpsprogram, har ifølgje berekningar gjort av UNFCCC så langt ført til investeringar på over 300 mrd. amerikanske dollar og til over 1,5 mrd. tonn CO2-ekvivalentar i reduserte utslepp.
Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet for å setje ein pris på CO2, og for utvikling av effektive, fungerande internasjonale karbonmarknader (sjå nærare omtale i boks 7.1).
Dagens prisar på utslepp er for låge til å sikre nødvendig teknologisk utvikling og omstilling. Ein ny og meir ambisiøs klimapolitikk globalt, gjennom ei ny klimaavtale, vil medverke til høgre prisar. Noreg arbeider for at ei ny klimaavtale vil ta i bruk marknadsbaserte mekanismar
Regjeringa arbeider òg for utfasing av subsidiar på fossilt brensel. Utfasing av ulike subsidiar kan ifølgje berekningar gjorde av OECD og IEA føre til ein reduksjon av globale klimagassutslepp på 12 pst. innan 2020. Den norske innsatsen skjer blant anna gjennom Vennegruppa for reform av fossile subsidiar. Noreg trappar opp støtta til arbeidet med utfasing av fossile subsidiar internasjonalt, slik at Noreg no vil bruke 100 mill. kroner over ein treårsperiode på dette arbeidet.
Kortlevde klimaforureiningar og rein energi i utviklingsland
Sidan Paris-avtala først vil gjelde frå omkring 2020, er det viktig å parallelt arbeide for større utsleppsreduksjonar på kort sikt. Klima- og skogsatsinga er sentralt i denne samanhengen. Ein annen viktig del av regjeringa sitt arbeid med snarlege utslesppsreduksjoner er innafor kortlevde klimaforureiningar. Noreg arbeider internasjonalt for å redusere utsleppa av kortliva klimaforureiningar, som er oppvarmande gassar og partiklar med relativt kort levetid i atmosfæren samanlikna med CO2. Mange av tiltaka for å redusere desse utsleppa har òg ei rekkje andre fordelar som betre luftkvalitet, helse og jordbruksproduktivitet. Ved å redusere kortliva klimaforureining vil ein kunne redusere oppvarmingshastigheita ein god del og derfor auke sjansen for å halde togradersmålet.
Noreg har sidan hausten 2014 leia Koalisjonen for klima og rein luft (CCAC). Koalisjonen vart skapt i 2012 og har no rundt 100 land og organisasjonar som medlemmar. I koalisjonen er regjeringa særleg engasjert i å redusere utslepp av metan og sot frå olje og gassektoren, og i å framheve helsegevinstane av utsleppsreduksjonar. I tillegg har Noreg arbeidd aktivt dei siste åra for eit vedtak om rask og effektiv nedfasing av produksjon og forbruk av hydrofluorkarboner (HFK) gjennom Montrealprotokollen. HFK-gassar brukes som erstatning for fleire av de ozonreduserande gassane, og er sterke klimagassar.
Boks 7.1 Marknadsmekanismer og karbonprising
Med bakgrunn i Noregs lange erfaring med karbonprising, medverkar Noreg til utvikling av marknadsmekanismar og karbonprising gjennom fleire internasjonale prosjekt og fora.
Noreg har dei siste åra hatt fleire bilaterale prosjekt for oppbygging av kvotesystem i Kina, Makedonia og Kazakhstan. I desse prosjekta har Noreg medverka ved at norske ekspertar har overført erfaringar og kunnskap, og ved at det har blitt gitt finansiell støtte til vertslandets institusjonar.
Gjennom Verdsbankens Partnership for Market Readiness (PMR) og International Carbon Action Partnership (ICAP) medverkar Noreg til utvikling av marknadsmekanismar og karbonprising. PMR gir finansiell og teknisk støtte til land som ønskjer å ta i bruk marknadsbaserte verkemiddel for utsleppsreduksjonar, og består av 12 donor- og 18 mottakarland, blant andre Kina, Brasil, og India. ICAP har som mål å dele erfaringar mellom land, og arbeider for å lette samankoplinga av kvotesystem, og med å fremje kvotesystem som eit viktig verkemiddel for klimagassreduksjonar.
Gjennom Statens kvotekjøp medverkar Noreg til utviklinga av, og legitimiteten til, internasjonale klimakvotemarknader, ved å kjøpe kvotar frå sårbare prosjekt og nyutvikla CDM-prosjekt. Gjennom kjøpsprogrammet er Noreg med å oppretthalde strukturar som ein kan byggje vidare på når det igjen blir behov for tettare samarbeid mellom industri- og utviklingsland om tiltak for reduksjon av klimagassutslepp.
Gjennom Carbon Partnership Facility (CPF), der Noreg står for ein større del av midlane,testar ein mellom anna ut nye marknadsmekanismar som skal vere tilpassa ein ny, global klimaavtale.
Noreg støttar óg opp om karbonprising ved å fremje karbonprising gjennom internasjonale forum som Carbon Pricing Leadership Coalition og i klimaforhandlingane.
Gjennom det nordiske sektorinitiativet, Nordic Partnership Initiative (NPI), har Noreg støtta pilotprosjekt i avfallsektoren i Peru og sementsektoren i Vietnam. Pilotprosjekta skal utarbeide system som klargjer sektorene for tiltak for faktiske utsleppsreduksjonar, med fokus på marknadsbaserte finansieringsløysingar.
Nærare om budsjettforslaget
Foreslått løyving knytt til programkategorien er på 3,47 mrd. kroner i 2016. Tabellen under syner at dette er ein auke på 18,7 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2015.
Budsjettmidlar til arbeidet med kunnskapsgrunnlaget (overvaking, kartlegging, artsprosjektet og liknande) er omtalt under programkategori 12.10 Fellesoppgåver, forsking, internasjonalt arbeid m.m.
Utgifter under programkategori 12.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 | Pst. endr. 15/16 |
1420 | Miljødirektoratet | 2 849 957 | 2 848 862 | 3 346 178 | 17,5 |
1422 | Miljøvennleg skipsfart | 5 229 | |||
1423 | Radioaktiv forureining i det ytre miljø | 14 308 | |||
1424 | Mareano | 27 986 | |||
1425 | Vilt- og fisketiltak | 76 782 | 77 429 | 80 576 | 4,1 |
Sum kategori 12.20 | 2 926 739 | 2 926 291 | 3 474 277 | 18,7 |
Kap. 1420 Miljødirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
01 | Driftsutgifter | 770 228 | 586 151 | 593 614 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 139 217 | 124 941 | 146 830 |
22 | Statlege vassmiljøtiltak | 189 505 | 249 740 | 233 943 |
23 | Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast | 86 108 | 142 898 | |
30 | Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde, kan overførast | 26 457 | 23 817 | 34 460 |
31 | Tiltak i verneområde, kan overførast | 61 147 | 46 600 | 47 848 |
32 | Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast | 9 973 | 2 392 | |
33 | Statlege tileigningar, nytt vern, kan overførast | 1 562 | ||
34 | Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast | 129 686 | 32 580 | |
35 | Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast | 299 108 | 331 112 | 324 112 |
37 | Skogplanting, kan overførast | 15 000 | ||
38 | Restaurering av myr, kan overførast | 13 000 | ||
39 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79 | 17 183 | 31 649 | 12 622 |
61 | Tilskot til klimatilpassingstiltak | 2 000 | 6 058 | |
69 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79 | 27 580 | 41 120 | 135 568 |
70 | Tilskot til vassmiljøtiltak, kan overførast | 27 152 | 22 600 | 23 255 |
71 | Marin forsøpling | 10 000 | 10 290 | |
72 | Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving | 128 321 | 150 755 | 144 837 |
73 | Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast | 64 327 | 68 077 | 70 051 |
74 | CO2-kompensasjonsordning for industrien | 222 694 | 300 000 | 523 728 |
75 | Utbetaling av pant for bilvrak, overslagsløyving | 456 307 | 420 000 | 478 485 |
76 | Refusjonsordningar, overslagsløyving | 69 425 | 63 000 | 64 827 |
77 | Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m. | 7 074 | 8 149 | 8 385 |
78 | Friluftsformål, kan overførast | 106 417 | 147 275 | 137 821 |
79 | Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69 | 200 | 1 306 | 650 |
81 | Verdsarvområde, kulturlandskap og verdiskaping naturarv, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 24 145 | 25 521 | 26 261 |
82 | Tilskot til truga arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21 | 28 948 | 53 439 | 54 989 |
84 | Internasjonalt samarbeid | 1 315 | 1 782 | 4 834 |
85 | Naturinformasjonssenter, kan overførast | 43 548 | 53 720 | 55 278 |
Sum kap. 1420 | 2 849 957 | 2 848 862 | 3 346 178 |
Midlane under budsjettkapitlet er retta mot alle resultatområde med unntak for resultatområde Kulturminne og kulturmiljø og resultatområde Polarområda.
Miljødirektoratets rolle og oppgåver
Miljødirektoratet er Klima- og miljødepartementets sentrale rådgivande og utøvande fagorgan innan klima-, naturforvaltning og forureining. Hovudoppgåvene er å redusere klimagassutslepp, ta vare på naturmangfaldet og sikre den naturlege produksjonsevna, hindre forureining og leggje til rette for friluftsliv. Dette betyr mellom anna å leggje til rette for å ta vare på naturen, berekraftig bruk og verdiskaping.
Omsynet til miljø og berekraftig utvikling og dei nasjonale miljømåla gir hovudramma for arbeidet i Miljødirektoratet. Viktige funksjonar for etaten er å utøve mynde, gi faglege råd til departementet, rettleie regionalt og kommunalt nivå, overvake miljøtilstanden og skaffe fram og formidle kunnskap, gjennomføre naturoppsyn og føre tilsyn, samarbeide med aktuelle sektorstyresmakter og medverke i internasjonalt miljøarbeid.
Arbeidet som Miljødirektoratet utfører er ein føresetnad for å få gjennomført nasjonal klima- og miljøpolitikk og få sett i verk konkrete tiltak nasjonalt, regionalt og lokalt.
På klimaområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med klimagassrekneskapen, under dette utsleppsrekneskapen, og overvaking av klimaendringar. Direktoratet deltek i dei internasjonale forhandlingane under Klimakonvensjonen, særleg med spørsmål knytte til utsleppsrapportering, kvoteregisteret, forsking og overvaking. Vidare er direktoratet Noregs nasjonale kontaktpunkt for FNs klimapanel og koordinerer alle prosessar knytte til klimapanelets arbeid.
Klima- og miljødepartementet har ansvaret for å leggje til rette for regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing, og Miljødirektoratet er departementets fagetat på dette området.
På naturforvaltningsområdet arbeider Miljødirektoratet mellom anna med etablering og forvaltning av verneområde og forvaltning av truga arter og naturtypar, under dette etablering og forvaltning av prioriterte arter og utvalte naturtypar. Andre viktige oppgåver er forvaltning av rovvilt, vassforvaltning, heilskapleg havforvaltning, marin naturforvaltning og forvaltning av villaks, innlandsfisk, villrein og anna haustbart vilt. På same måte som på klimaområdet deltek etaten i dei internasjonale forhandlingane under Konvensjonen om biologisk mangfald. Eit delsekretariat for kapasitetsbygging under det internasjonale naturpanelet (etter modell av klimapanelet) er etablert i Miljødirektoratet.
Etaten medverkar vidare til at omsynet til langsiktig disponering av naturressursane blir lagt til grunn ved arealplanlegging etter plan- og bygningslova.
Statens naturoppsyn er ei avdeling i Miljødirektoratet og har ansvar for å føre tilsyn med naturtilstanden og med at reglane i miljølovgivinga blir følgde. Statens naturoppsyn er òg kompetansemiljø for gjennomføring av skjøtsels- og forvaltningstiltak. I tillegg er naturrettleiing ei viktig oppgåve.
Tilrettelegging for friluftsliv, motivering av befolkninga til å utøve friluftsliv og sikring og forvaltning av friluftslivsområde er òg viktige oppgåver for Miljødirektoratet.
Miljødirektoratet samordnar det sektorovergripande arbeidet på forureiningsområdet, og samarbeider med sektorane om faktagrunnlag, analysar og videreutvikling av tiltak og verkemiddel. Viktige oppgåver på forureiningsområdet er arbeidet med å redusere og førebyggje bruk av helse- og miljøfarlege kjemikaliar, arbeidet for å reinske opp i forureina sjøbotn og forureina grunn, hindre forureining i vassdrag og langs kysten, å førebyggje og hindre oljeforureining, å redusere luftforureiningar og å auke ressursutnyttinga og redusere miljøproblem knytte til avfall. Direktoratet er aktivt involvert i internasjonalt samarbeid på desse områda. Etaten har vidare ansvar for å gjennomføre risikobasert tilsyn.
Miljødirektoratet har brei oversikt over naturtilstand og forureining i Noreg, og rapporterer dette fortløpande til resten av miljøforvaltninga, andre sektorar og allmenta mellom anna gjennom Miljøstatus.no. Etaten har òg fagleg instruksjonsmynde overfor miljøvernavdelingane hos fylkesmannen.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.
Posten dekkjer lønns- og driftsutgifter til verksemda ved Miljødirektoratets to hovudkontor i Trondheim og Oslo, og dei lokale kontora til Statens naturoppsyn rundt omkring i landet. Meir spesifikt dekkjer posten lønn til faste og mellombels tilsette, husleige, reiser, IKT-utgifter, informasjon, formidling og drift av miljøinformasjonssystem og ulike nettstader. Posten dekkjer òg drift av CO2-kompensasjonsordninga, jf. omtale under post 74, og midlar til berekningsverktøy for luft. For ei vidare utgreiing om kva slags føremål løyvinga går til, viser vi til omtala under «Miljødirektoratets rolle og oppgåver» over.
Det er lagt inn i overkant av 8 mill. kroner til auka oppsyn og kontroll med motorferdsel, nye nasjonalparkforvaltarar, auka kontroll og tilsyn av miljøgifter i forbrukerprodukt og tilsyn og informasjon i samband med EUs tømmerforordning. Vidare er det flytta 1 mill. kroner frå post 22 som skal disponeres av Statens naturoppsyn til auka oppsyn på riksgrensestrekninga i Tanavassdraget.
Posten er redusert med 2,9 mill. kroner som del i ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform. Som prisjustering har posten fått 1,1 mill. kroner, og til å dekkje konsekvensane av lønnsoppgjeret i staten i 2015 er det lagt inn 1 mill. kroner.
Rapport 2014
Av rekneskapsførte utgifter på 770 mill. kroner i 2014, vart 64 pst. nytta til løn. Resten vart nytta til husleige, energi, drift og utvikling av IKT, reiseutgifter, kompetanse- og organisasjonsutvikling. I desember 2014 flytta Miljødirektoratet inn i nye lokaler på Helsfyr i Oslo. Det vart samstundes gjort investeringar i IKT-infrastruktur og utvida samhandlingsløysingar som følgje av etableringa av eit samla Miljødirektorat som er lokalisert både i Trondheim og i Oslo. I 2014 blei 23,7 mill. kroner tildelt fylkesmennene mellom anna til drift av nasjonalparkstyra og til gebyrfinansierte tiltak på forureiningsområdet. Inntektsfinansiert internasjonal verksemd utgjorde 51 mill. kroner av utgiftene, men desse midlane er frå 2015-budsjettet flytta til post 23.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten finansierer tiltaksretta forvaltningsoppgåver innan resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining og Klima.
Posten finansierer fleire av direktoratet sine oppgåver innan klima. Dette gjeld for eksempel arbeid knytt til FNs klimapanel, utvikling og drift av klimarekneskapen, utgreiing for å støtte etatens arbeid med tiltak mot klimautslepp og kortlevde klimadrivarar, utvikling av verktøy for lokal klima- og energiplanlegging og utvikling av verktøy for å rekne ut lokal luftkvalitet. Posten dekkjer òg finansiering av ulike oppgåver innan klimatilpassing, som formidlingstiltak, støtte til Klimaservicesenteret og regionale pilotprosjekt.
Posten dekkjer kostnadene med prosess før gjennomføring av verneplanar som er vedtekne av Stortinget. Dette gjeld skogvern der direktoratet finansierer fylkesmannens arbeid, og marint vern der etaten finansierer utgreiing av kunnskapsgrunnlaget og fylkesmannens arbeid. Utgifter til innhenting av kunnskap og arbeidet til lokale partar knytt til lokalt initierte nasjonalparkforslag blir òg finansierte frå denne posten. I tillegg dekkjer posten fylkesmennenes og nasjonalparkstyra sitt arbeid med utarbeiding av forvaltningsplanar, kostnader til nasjonalparkstyre og tilsynsutval, og innføringa av merkevare- og besøksstrategi for nasjonalparkane.
Delar av tenestekjøpet som Statens naturoppsyn gjer hos Fjellstyra blir òg dekte over posten. Dette tenestekjøpet omfattar oppsynsoppgåver i statsallmenningane, og det er i 2016 sett av 5,3 mill. kroner til slikt tenestekjøp. Tenestekjøpet frå Statens naturoppsyn til Fjellstyra omfattar òg andre operative feltoppgåver som til dømes tiltak i verneområde, skadedokumentasjon i samband med rovdyrtap og naturovervaking, og blir dekt frå fleire postar under Klima- og miljødepartementets budsjett. Dette er oppgåver som dels er styrt av hendingar og dels av konkrete bestillingar frå forvaltninga og nasjonalparkstyra, og er varierande med omsyn på årleg omfang og geografisk område. Miljødirektoratet vil også i 2016 kjøpe slike tenester etter behov og tilgjengeleg budsjettramme.
I samband med forvaltning av rovvilt dekkjer posten drift av nasjonalt fagråd for overvaking av rovvilt og møtegodtgjersle for dei regionale rovviltnemndene. Posten dekkjer òg ordningar for vaktberedskap hos fylkesmennene og utviklingstiltak som er prioriterte av dei regionale rovviltnemndene.
Posten dekkjer utarbeiding av handlingsplanar og faggrunnlag for truga arter og naturtyper, under dette innhenting av nødvendig kunnskap og utreiingar. Midlane vert òg nytta til tenestekjøp knytt til rådgiving om skjøtsel og forvaltning av truga artar og naturtypar. Tiltaka vert finansierte over post 82 Tilskot til truga arter og naturtypar. Posten dekkjer vidare tenestekjøp knytt til Naturindeks for Norge.
Fagsystem for nasjonal styring og rapportering, og oppfølging av forpliktingar i internasjonale konvensjonar, som Bernkonvensjonen og Ramsarkonvensjonen, blir òg dekte av posten.
Posten finansierer utvikling og drift av handlingsplanar mot framande arter. Avtala med Vitskapskomiteen for mattryggleik om risikovurderingar knytte til innførsel av framande organismar, genmodifiserte organismar og mikroorganismar vert òg dekt over posten.
Posten blir brukt til kjøp av spisskompetanse for å vurdere helse- og miljøfare ved stoff som Noreg foreslår for reguleringar i EU og globalt. Den blir òg brukt til å få fram betre kunnskap om ulike kjelder til spreiing av miljøgifter, som eit ledd i å nå dei nasjonale måla på miljøgiftområdet, og til å sikre eit brukarvenleg elektronisk system for deklarering av kjemikaliar til Produktregisteret.
På avfallsområdet dekkjer posten utgifter til utgreiingar, og til å utvikle og sikre brukarvenlege rapporteringssystem. Vidare dekkjer posten utgifter direktoratet eventuelt får ved å måtte fjerne eigarlaust farleg avfall, farleg avfall frå konkursbu eller farleg avfall som eigaren ikkje klarer å ta hand om på ein forsvarleg måte, jf. forureiningslova §§ 74 og 76.
Posten er auka med om lag 19 mill. kroner til følgjande nye føremål: Kommunal klimagass-statistikk, merkevara Noregs nasjonalparkar, Trondheimkonferansen 2016 om biologisk mangfald, oppstart av nasjonal økosystemutgreiing, utarbeiding av forvaltningsplanar for freda bygningar på statlege sikra friluftsområde, motorferdsel i utmark – oppsyn og kontroll, Den naturlege skulesekken, samarbeid med miljøpolitisk viktige land som mellom anna Kina og India, styrking av arbeidet med utvikling og etablering av berekningsverktøy for luftkvalitet, arbeid med tidleg påverknad av EUs regelverk, livsløpsanalysar og grøne produkt, utgreiing om nytt deponi for farleg avfall, utgreiing av forvaltningsmessige, tekniske og juridiske problemstillingar for å bruke forsikringsbransjens skadedata for å førebyggje naturskade, og utgreiing om nytt EU-direktiv om reduksjon i forureinande utslepp til luft.
Utover dette er posten redusert med 1,6 mill. kroner, av dette 0,6 mill. kroner som følgje av eit avbyråkratiserings- og effektiviseringskutt. Frå posten er det flytta 0,5 mill. kroner knytt til arbeidet mot framande arter til kap. 1400 post 76 for å få ei meir riktig budsjettering av midlane. Som prisjustering har posten fått 3,6 mill. kroner.
Rapport 2014
Størstedelen av midlane på posten i 2014 vart nytta til tiltak knytte til forvaltning av nasjonalparkar, verneområde, framande og truga artar og rovvilt. Om lag halvparten av løyvinga var vidaretildelt fylkesmannen til bruk i dei einskilde fylka på dei same satsingsområda.
Ein del av midlane er òg nytta til kjøp av naturoppsynstenester og arbeid med klima.
Post 22 Statlege vassmiljøtiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
22.1 | Kalking | 76 349 | 72 672 | 62 939 |
22.2 | Anadrome laksefisk | 76 273 | 126 637 | 120 724 |
22.3 | Generell vassforvaltning | 36 883 | 50 431 | 50 280 |
Sum post 22 | 189 505 | 249 740 | 233 943 |
Midlane under posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.
Posten dekkjer ulike vassmiljøtiltak som ikkje er tilskot, under dette midlar til kalking, bevaring og forvaltning av viltlevande anadrom laksefisk (laks, sjøaure og sjørøye) og heilskapleg vassforvaltning. Tilskot til same føremål blir dekte over post 70.
Underpost 1 dekkjer kjøp av kalkingstenester. Midla til kalking er redusert med 9,7 mill. kroner. Det er lagt inn ei reduksjon på 15 mill. kroner for å få rom til andre satsingar i statsbudsjettet. Til underposten er det samstundes flytta 1,3 mill. kroner frå underpost 3 Generell vassforvaltning, og 2,5 mill. kroner frå kap. 1420 post 70 underpost 1 Tilskot til kalking. 1,8 mill. kroner er lagt inn i prisjustering, mens det er tatt ut 0,3 mill. kroner som følgje av eit avbyråkratiserings- og effektiviseringskutt.
Underpost 2 dekkjer tiltak, og forsking og utvikling knytt til forvaltning av anadrom laksefisk, under dette tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris, bevaring i genbank og styrking av kunnskapsgrunnlaget. Midlane på underposten er samla sett redusert med 5,9 mill. kroner.
Stortinget blei i samband med revidert nasjonalbudsjett 2015 (jf. Prp 119 (2014 – 2015)) orientert om at omfanget av arbeid med gjennomføringa av anbudsprosessane for bygging av fiskesperre i Driva har ført til at bygginga først kjem i gang vinteren 2015/2016. Som følge av dette vart løyvinga på posten redusert med 20 mill. kroner samstundes som bestillingsfullmakta vart auka tilsvarande. For 2016 gjer ein framlegg om eit budsjett på 31 mill. kroner til sperra. Det syner 1 mill. kroner meir enn i saldert budsjett 2015. For å kontraktsfeste utgifter som fyrst kjem i samband med ferdigstillinga av sperra våren 2017, er det behov for ei bestillingsfullmakt på 19 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Fleire av bestandane av laks og sjøaure med tilknyting til Hardangerfjorden er truga eller svært sårbare. For å sikre desse bestandane er det vedteke å etablere ein genbank. Etableringa av genbanken skal etter planen vere ferdig i 2016, og er anslått å koste 40 mill. kroner. I 2015 vart det løyvd 25 mill. kroner til bygginga, og det er følgeleg behov for 15 mill. kroner i 2016, ein nedgang på 10 mill. kroner. På den andre sida kjem det utgifter til innsamling av laksebestandane og drift av genbanken som dermed aukar dette budsjettet med 4 mill. kroner, frå 2 mill. kroner til 6 mill. kroner.
Utover dette er det frå underpost 2 flytta 2,5 mill. kroner til tilskotpost 70 med same føremål og flytta 1 mill. kroner til post 21 som Statens naturoppsyn skal disponere til å auke oppsyn på riksgrensestrekninga i Tanavassdraget. I tillegg er det tatt ut 0,7 mill. kroner som følgje av eit avbyråkratiserings- og effektiviseringskutt og lagt inn ei prisjustering på 3,3 mill. kroner.
Underpost 3 omfattar midlar til heilskapleg vassforvaltning etter vassforskrifta og anna generell vassforvaltning. Frå denne posten blir det òg fordelt midlar til vassregionstyresmaktene og arbeidet i vassområda. Underposten er redusert med 0,2 mill. kroner. Til underpost 1 Kalking er det flytta 1,3 mill. kroner, det er tatt ut 0,3 mill. kroner som følgje av eit avbyråkratiserings- og effektiviseringskutt og det er lagt inn ei prisjustering på 1,4 mill. kroner. På underposten er det ført vidare 3,5 mill. kroner til tiltak mot krypsiv.
Rapport 2014
Miljødirektoratet og fylkesmannen brukte om lag 190 mill. kroner til ulike statlege vassmiljøtiltak i 2014. Om lag 40 pst. av midlane har vore nytta til kalking av vassdrag. Om lag 40 pst. har vore nytta til forvaltning av og tiltak for å ta vare på anadrom laksefisk, under dette tiltak mot lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Om lag 20 pst. av midlane er nytta til generell vassforvaltning.
Kalking
Tilførsla av sur nedbør er sterkt redusert sidan toppnivåa på 1980-talet, men den positive utviklinga flata ut etter tusenårsskiftet. Enno er om lag 10 pst. av arealet i Noreg skadd av forsuring, og fram mot 2030 er det berre venta små ytterlegare betringar i forsuringssituasjonen. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i Noreg, må utsleppa av svovel- og nitrogensambindingar til luft i Europa reduserast meir enn målsetjingane i Gøteborgprotokollen.
Totalt blir 21 lakseførande elvar i Noreg kalka. I dei elvane der laksen har gått tapt grunna sur nedbør er det etablert nye laksestammer. Det har vore godt laksefiske i mange av dei kalka elvane, med ein årleg totalfangst på 40 – 55 tonn (12 – 15 pst. av all laks fanga i norske elvar). I 2014 blei det løyvd midlar til etablering av kalkdoserar i Modalselva i Hordaland. Rapportar om kalkavslutning i lokale prosjekt blir følgde opp.
Anadrom laksefisk
Løyving på underpost 2 vart i hovudsak brukt til tiltak mot Gyrodactylus salaris og bevaring av stammer i genbank. I 2014 vart andregangs behandling av infiserte vassdrag i Raumaregionen mot Gyrodactylus salaris gjennomført, og behandlinga av Rauma, Lærdals- og Vefsnregionane blei følgt opp med blant anna overvaking og oppbygging av dei opphavlege fiskestammene frå genbank. I tillegg er det gjennomført ein hastebehandling av Ranaelva etter at gyrosmitte blei påvist på ny. Planleggingsarbeidet med nedkjemping av Gyrodactylus salaris i Skibotnregionen er ført vidare. Førebuande arbeid og tiltak for etablering av fiskesperre i Driva og ny genbank på Ims blei gjennomført. Behandlingane som er gjennomførte i fleire regionar dei siste åra har ført til auka kostnader til bevaring og reetablering av fiskebestandane i genbank. I tillegg er noko av løyvinga brukt til arbeidet med å utvikle det faglege grunnlaget for berekraftige løysingar for fisket i Tana og til forhandlingar med Finland. Det er vidare brukt midlar til styrking av kunnskapsgrunnlaget for forvalting av laks, mellom anna gjennom Vitskapelig råd for lakseforvaltning.
Generell vassforvaltning
Midlar til arbeidet med generell vassforvaltning i 2014 har vore prioritert til arbeidet med kunnskapsgrunnlaget for regionale vassforvaltningsplanar og tilhøyrande tiltaksprogram. Ny overvaking som er sett i gang er mellom anna knytt til store innsjøar, miljøgiftar og grunnvatn. I 2014 er det særleg prioritert i gi midlar til vassområda.
Post 23 Oppdrags- og gebyrrelatert verksemd, kan overførast
Løyvinga er knytt til utgifter som direktoratet har ved gebyrfinansiert verksemd og til utgifter ved oppdrag finansierte frå andre instansar. Midlane er retta mot resultatområda 1 Naturmangfald, 4 Forureining og 5 Klima.
Direktoratet utfører med heimel i fleire forskrifter oppgåver som er gebyrfinansierte i samsvar med prinsippet om at forureinar betaler. Utgiftene til desse oppgåvene er budsjetterte til om lag 35 mill. kroner, mens inntektene er om lag 37 mill. kroner. Sjå nærare forklaring under kap. 4420 post 04 der inntektene blir førte.
På same vis utfører fylkesmennene oppgåver i samband med konsesjonsbehandling og kontroll etter forureiningslova, jf. gebyrinntekter under kap. 4420 post 06 anslått til 28 mill. kroner. Inntektene blir tilbakeførte til fylkesmennene.
Til utgiftene ved kontroll og verifisering av kvotepliktige verksemder er det i samsvar med EUs reglar knytt gebyr som er førte under kap. 4420 post 07, anslått til 11 mill. kroner.
Omfanget av arbeid knytt til gebyrrelatert verksemd på naturforvaltningsområdet er forventa til om lag 4,6 mill. kroner, jf. inntekter under kap. 4420 post 08.
Posten dekkjer òg utgifter anslått til 62 mill. kroner ved internasjonale oppdrag som direktoratet får refunderte over kap. 4420 post 09, hovudsakleg frå andre statsinstansar. Dette er ein auke på 55 mill. kroner samanlikna med 2015. Løyvinga blir auka for å ta høgde for at oppdragsutgiftene blir utgiftsførte på denne posten, og blir finansiert med refusjonar over kap. 4420 post 09, jf. tilsvarande auke under denne posten.
Utgifter knytte til oppdrag som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog, er òg dekte av posten. Inntektene for desse er førte under kap. 4420 post 01. Desse inntektene og utgiftene er for 2015 reduserte med 0,3 mill. kroner. Posten er redusert med 0,4 mill. kroner i avbyråkratiserings- og effektiviseringskutt medan han er auka med 2,5 mill. kroner som følgje av priskompensasjon. Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4420 postane 01, 04, 06, 08 og 09, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftslivsområde, kan overførast
Midlane på posten er retta mot resultatområde Friluftsliv, alle dei tre nasjonale måla. Midlane blir nytta til statleg sikring av nye friluftslivsområde, anten ved offentleg erverv eller ved avtale om varig bruksrett (servituttavtale med grunneigar). Posten er auka med 10 mill. kroner. Dette er midlar som i samband med Friluftslivets år 2015 midlertidig vart flytta til kap. 1420 post 78, men som no er tilbakeførte til posten. I tillegg er det lagt inn ei prisjustering på 0,6 mill. kroner på posten.
Kommunane og dei interkommunale friluftsråda kan søkje Miljødirektoratet om økonomisk medverknad til sikring av viktige friluftslivsområde. Miljødirektoratet kan òg i samarbeid med kommunane overta friluftslivsareal frå andre statlege etatar som ikkje lenger har behov for desse i si verksemd. I tillegg kan kommunale friluftsområde vederlagsfritt bli omgjort til statleg sikra friluftslivsområde, dersom områda tilfredsstiller kriteria for statleg sikring. Slike område blir tinglyste som statleg sikra friluftslivsområde.
Midlane på posten kan òg nyttast til grunnleggjande istandsetjingstiltak når nye område blir sikra, til dømes oppføring av toalettbygningar eller opparbeiding av tilkomst. Midlane på posten kan òg nyttast til istandsetting av statleg eigde bygningar på dei sikra områda.
For friluftsområde av nasjonal og regional verdi kan staten medverke med inntil 100 pst. av kostnadane, for område av viktig lokal verdi med inntil 50 pst. av kostnadene. Friluftsområde i og ved store befolkningskonsentrasjonar, under dette område i nærmiljøet, landfaste område i kystsona med lite tilgjengeleg strandsone og stort press på areala og sentrale område ved innlandsvassdrag er prioriterte i sikringsarbeidet.
Løyvinga kan normalt ikkje nyttast til å kjøpe bygningar. Unntak frå dette er bygningar som anten skal rivast eller som kan nyttast i friluftslivsamanheng i området.
Midlene på posten kan òg dekkje utgifter knytte til dei sikra områda, som for eksempel grenseoppgangar, frådelingar og tinglysingar. Investeringsmidlane blir utbetalte når Miljødirektoratet har motteke formell dokumentasjon på at heimel eller rett er overført, og at statens vilkår er oppfylte.
Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 55 mill. kroner på posten, jf. forslag til vedtak VI.
Rapport 2014
Det vart sikra 36 nye friluftslivsområde gjennom statleg medverknad med midlar frå post 30 i 2014. Om lag 80 pst. av områda kan definerast som nærområde til der folk bur, Områda som vart sikra i 2014 ligg i 10 ulike fylke. Det er både kommunar og interkommunale friluftsråd som har initiert desse sikringsprosessane og som vil stå for vidare drift og tilsyn i områda framover. Ulike typar område vart sikra i 2014. I Tønsberg kommune blei ein fritidseigedom innløyst i det bustadnære og attraktive friluftslivsområdet Skallevoldstranda. På den måten blei eit større strandareal gjort tilgjengeleg for allmenta. Her har staten og kommunen samarbeidd i fleire år for å sikre viktige strandområde. I Bergen samarbeider kommunen og staten for å sikre sentrale turvegar nær store befolkningskonsentrasjonar. I 2014 blei nye delar av Løvstien langs Løvstakken sikra, og det blei starta arbeid for å sikre areal til ein ny turveg over Landåsfjellet. I Haugesund blei Vibrandsøy som er eit populært friluftslivsområde med særeigen natur og kulturminne erverva av kommunen gjennom statleg medverknad. I Lillesand blei Slåttholmen sikra på same måte.
I ein del saker er det gitt bidrag til grunnleggjande istandsetjing av områda i samband med sikringa. Dette er tiltak som blir vurderte som naudsynte for at områda skal nyttast av allmenta som forutsett ved sikringa. I 2014 blei det til dømes utbetalt statlege midlar til istandsetjing av Jørpelandsholmen like ved sentrum i Strand kommune. Her betalte staten for oppsetting av brygge til å stige i land, kajakkbrygge, turveg, toalett og miljøstasjon.
I tillegg til gjennomført sikring, søkte kommunar og friluftsråd om statleg medverknad til å sikre nye område. Det blei gitt tilsegn om statleg medverknad til sikring av 45 nye område i 2014. Kommunane og friluftsråda arbeider no med å få gjennomført sikringa av desse, og med tilrettelegging av areala.
Post 31 Tiltak i verneområde, kan overførast
Posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Klima. Midlane dekkjer statlege investeringsutgifter og andre typar tiltak i verneområde. Midlane går til tiltak som er naudsynte for å ta vare på verneverdiane, inkludert utgifter til informasjon, skjøtsels- og tilretteleggingstiltak. Tilretteleggingstiltaka omfattar opparbeiding av stigar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdsla i og rundt sårbar natur i verneområda. Posten blir òg nytta til å båtinvesteringar for Statens naturoppsyn. Midlande kan i tillegg omfatte tiltak i samband med merkevare- og besøksstrategi for nasjonalparkane. Nasjonalpark-/verneområdestyra prioriterer bruken av dei tildelte midlane. Alle tiltak skal vere i tråd med godkjent forvaltnings-/skjøtselsplan for verneområda og andre relevante styringsdokument.
På posten er det lagt inn 3,4 mill. kroner til merkevaren Noregs nasjonalparkar. Frå posten er det flytta 3 mill.kroner til ny post 38 Restaurering av myr. Til posten er det lagt inn ei prisjustering på 0,9 mill. kroner.
Regjeringa foreslår til materiellbestillingar (hovudsakleg båtkjøp) ei bestillingsfullmakt under posten på 3 mill. kroner, jf. forslag til vedtak V nr. 1.
Om fordeling av midlar og oppsyn til det einskilde verneområde
I forvaltning av verneområda har regjeringa, som ledd i oppfølginga av arbeidet med å forenkle utmarksforvaltninga, gjort nokre endringar i rutinane for fordeling av midlar slik at rollefordelinga mellom forvaltningsstyresmakta for verneområda og Statens naturoppsyn blir meir tydeleg.
Forvaltningsstyresmakta skal melde inn sine behov for forvaltnings- og skjøtselstiltak i verneområda direkte til Miljødirektoratet, som tildeler midlane ut i frå ei nasjonal prioritering. Forvaltningsstyresmakta skal sjølv disponere og prioritere bruken av dei tildelte midlane, og bestemmer kven som skal gjennomføre tiltaka.
Behovet for og prioritering av oppsyn i verneområda blir drøfta mellom forvaltningsstyresmakta i det enkelte verneområde og Statens naturoppsyn. Dei skal òg drøfte kva for tiltak i vedtatte forvaltnings- skjøtselsplaner forvaltningsstyresmakta ønskjer at Statens naturoppsyn skal gjennomføre på deira vegne. Det er ein føresetnad at Statens naturoppsyn sine oppgåver og aktivitetar i verneområda vert samordna med tildelinga av midlar til tiltak i verneområda slik at det blir ein effektiv bruk av dei samla ressursane til tiltak i verneområda.
Rapport 2014
Midlane er i 2014 brukt til tiltak og investeringar for å ta vare på og halde ved lag verneverdiane i verneområde over heile landet. Tiltaka er prioriterte først og fremst i verneområde der verneverdiane er truga, for eksempel ved uttak av framande arter som sitkagran og mink. Restaurering av våtmark var ei stor satsing også i 2014. Mellom anna er det gjennomført omfattande tiltak ved Fiskumvannet i Buskerud og i Moutmarka på Tjøme i Vestfold.
Tilretteleggings- og informasjonstiltak er òg prioriterte, og omfattar opparbeiding av stigar, klopping og merking for å betre tilgjenget i verneområda og samstundes styre ferdsla i og rundt sårbar natur i verneområda. I 2014 blei til dømes Prestholtrunden ferdigstilt, ein 6,5 kilometer lang sti steinlagt og tilrettelagt av sherpaer frå Nepal inn i Hallingskarvet nasjonalpark. Stien blei brukt av nær 30 000 menneske i 2014.
Post 32 Statlege tileigningar, fylkesvise verneplanar, kan overførast
Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.
Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av planen for vern av fylkesvise, tematiske verneplanar slik det er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980 – 81) Vern av norsk natur. Posten skal dekkje utgifter til å erstatte dei økonomiske tapa som eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova i desse sakene, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten skal òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp skal midlane på denne posten dekkje andre kostnader som er knytte til gjennomføring av verneplanane. Til å dekke venta utbetalingar på vern vedtatt i tidlegare år er det behov for ei løyving på 2,4 mill. kroner.
I 2016 er det planlagt vedtak for verneplan for Tyrifjorden i Buskerud, utviding av Herdla naturreservat i Hordaland og utviding av Ramsarområda Leinøra naturreservat i Sør-Trøndelag og Ørin naturreservat i Nord-Trøndelag. Hovudparten av utgiftene til desse sakene vil komme i 2017 eller seinare.
Ut frå kostnadsoverslaga medfører dette behov for ei tilsegnsfullmakt på 8,8 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Rapport 2014
I 2014 var hovudtyngda av utbetalingar over posten knytt til erstatningar og omkostningar for område i Oslofjordverneplanen (delplanar for Østfold, Vestfold og Telemark), verneplan edellauvskog Sogn og Fjordane og enkeltområdet Blankvann landskapsvernområde.
Post 33 Statlege tileigningar, nytt vern, kan overførast
Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.
Posten har fått ny postbetegnelse. I 2015-budsjettet omfatta posten berre marint vern, men i 2016-budsjettet er den utvida til også å gjelde anna nytt vern med unnatak for skogvern, jf. post 35.
Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nytt vern utover det som er fastsett gjennom St.meld. nr. 68 (1980 – 1981) Vern av norsk natur og St.meld. nr. 62 (1991 – 1992) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområde i Noreg. Posten skal mellom anna dekkje utgifter til gjennomføringa av marint vern, jf. Meld. St. 37 (2012 – 2013) Helhetlig forvaltning av det marine miljø i Nordsjøen og Skagerrak (forvaltningsplan).
På posten blir det ført utgifter i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege avtaler eller ved rettslege skjønn. Posten kan òg dekkje kjøp av område som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, og utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtakinga av innkjøpte eigedommar. Forutan erstatning og kjøp av område skal midlane på posten dekkje andre lovpålagte kostnader som er knytte til gjennomføring av vernevedtaka.
Det er pågående prosesser med verneforslag for 18 nye marine område. Utgiftene i samband med dette er anslått til 7,2 mill. kroner og vil komme i 2017 eller seinare. For desse områda er det derfor ikkje naudsynt med løyving i 2016, berre tilsegnsfullmakt. For arbeid med nytt marint vern i 2016, er det foreslått ei løyving på 1,5 mill. kroner for å dekkje utgifter til konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova.
Etter lokale initiativ er det prosessar i gang med tanke på vern av nye nasjonalparkar ved Jomfruland i Telemark og Raet i Aust-Agder. Utgiftene til desse sakene er anslått til 4 mill. kroner og vil komme i 2017 eller seinare.
Ut frå kostnadsoverslaga over er det behov for ei tilsegnsfullmakt på 11,2 mill. kroner til dekning for framtidige utgifter, jf. forslag til vedtak VI.
Rapport 2014
Posten var ny i 2015, og det er derfor ikkje rapportering for 2014.
Post 34 Statlege tileigningar, nasjonalparkar, kan overførast
Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald.
Posten skal dekkje utgifter til gjennomføringa av nasjonalparkplanen, jf. St.meld. nr. 62 (1991 – 92) Ny landsplan for nasjonalparker og andre større verneområde i Noreg i form av erstatning av det økonomiske tapet eigarar og rettshavarar har ved vernetiltak etter naturmangfaldlova i desse sakene, jf. erstatningsreglane i lova. Posten dekkjer òg tilsvarande utgifter for Fulufjellet og Færder nasjonalparkar som er resultat av regionale/lokale verneinitiativ. Erstatningar blir i hovudsak fastsette ved minnelege avtaler. Nokre få saker går til rettsleg skjønn. Til å dekke venta utbetalingar på vern vedtatt tidlegare år er det behov for ei løyving på 32,6 mill. kroner.
Forutan erstatning og vederlag skal midlane på posten dekkje andre lovpålagte kostnader som er knytte til gjennomføring av nasjonalparkplanen.
Vedtak om utviding av Saltfjellet/Svartisen nasjonalpark er planlagt gjennomført i 2016. Venta kostnad ved utvidinga er på 1 mill. kroner og vil venteleg komme til utbetaling etter 2016. Det blir følgelig fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt under posten på 1 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Rapport 2014
Oppgjer har vore utbetalt fortløpande ettersom tilboda vert aksepterte av grunneigarar og rettshavarar gjennom minnelege avtaler, eventuelt etter nye forhandlingar. Rettsleg skjønn har vore naudsynt i svært få saker.
Post 35 Statlege tileigningar, skogvern, kan overførast
Posten er retta mot resultatområde 1 Naturmangfald.
Posten skal dekkje utgifter til erstatning av dei økonomiske tapa eigarar og rettshavarar har ved skogvern etter naturmangfaldlova, jf. erstatningsreglane i lova. Erstatningar blir fastsette ved minnelege forhandlingar eller ved rettsleg skjønn. Posten skal dekkje kjøp av skogområde som er verna eller føresett verna etter naturmangfaldlova, utgifter som staten som grunneigar har i samband med overtaking av innkjøpte eigedommar, erstatningsordning for område som er under vurdering for vern, og utgifter til gjennomføring av makeskifteløysingar knytte til nytt vern.
Midlane på posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av skogvernet, som registrering og vurdering av verneverdiar, grensemerking, utarbeiding av forvaltningsplanar når dette er nødvendig for å fastsetje skjønnsføresetnadene, o.a. Frå posten er det omdisponert 7 mill. kroner til andre postar på Miljødirektoratets budsjett.
Det blir fremja forslag om ei tilsegnsfullmakt under posten på 116,4 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Rapport 2014
Overførte midlar og løyving for 2014 er brukt i arbeidet for å nå det nasjonale målet om at eit representativt utval av naturtypar i skog skal vernast for kommande generasjonar. I 2014 er hovudtyngda av utbetalingane knytt til erstatningar i samband med frivillig vern av skog, der omlag 270 mill. kroner er utbetalt i erstatningar og vederlag. Det er utbetalt omlag 13 mill. kroner i erstatningar og omkostningar i samband med tradisjonelle verneprosessar, mellom anna knytt til erstatningsoppgjøret for Trillemarka-Rollagsfjell naturreservat.
Post 37 Skogplanting, kan overførast
Posten er ny og retta mot resultatområde 5 Klima og resultatområde Naturmangfald.
Planting av skog på nye areal som klimatiltak, og utvikling av miljøkriterium for dette, er eitt av oppfølgingspunkta frå klimaforliket som vart vedteke av Stortinget i 2012. I 2013 konkluderte Miljødirektoratet, Landbruksdirektoratet (dåverande Statens Landbruksforvaltning) og Norsk institutt for bioøkonomi (dåverande Skog og landskap) i ein etatsrapport med at minst 50 000 dekar kan tilplantast pr. år over ein 20-årsperiode, med akseptable effektar for naturmangfald og andre miljøverdiar.
Arbeidet må vere tufta på grundige faglege avvegingar mellom klima-, miljø- og næringsomsyn. Regjeringa starta derfor i 2015 ein treårig pilotfase, med mål om å hauste erfaringar med mellom anna klimaeffekt, miljøkriterium og gjennomføring før oppskalering og utvida implementering av tiltaket. Pilotfasen er leia av Miljødirektoratet, i tett samråd med Landbruksdirektoratet. I 2016 legg Klima- og miljødepartementet opp til å vidareføre 15 mill. kroner på dette arbeidet. Løyvinga i 2015 var overført til Landbruks- og matdepartementet i Revidert Nasjonalbudsjett 2015, men midla vil få eigen post i Klima- og miljødepartementet frå 2016.
For å sikre god klimaeffekt, naturomsyn og lågt konfliktnivå omfattar pilotfasen berre (i) planting av norske treslag, (ii) planting på opne areal og areal i tidleg gjengroingsfase, (iii) planting på areal med høg produksjonsevne og der det er venta låg negativ endring i albedoeffekten og (iv) planting på areal som ikkje er viktige for naturmangfaldet (dvs. ikkje planting mellom anna i truga naturtypar, viktige kartlagte naturtypar og leveområde for raudlista arter), friluftslivsinteresser, viktige kulturhistoriske verdiar eller verdifulle kulturlandskap.
Midlane på posten skal vidare dekkje andre utgifter som er knytte til gjennomføring av pilotfasen.
Etter at pilotfasen er gjennomført, skal det vere ein grundig evalueringsprosess der ein ser på om målsetjingane er oppnådde. Evalueringa skal blant anna vise om miljøkriteria som er nytta i pilotfasen er tilstrekkelege, og på riktig nivå, for å sikre akseptable effektar på naturmangfald og andre miljøverdiar, inkludert ved bruk av norsk gran på Vestlandet og nord for Saltfjellet. Som ledd i evalueringa skal det innhentast ei ekstern vurdering av effektar på biologisk mangfald, klima og næring. Etter pilotfasen skal det òg utarbeidast ein rapport frå arbeidet som inkluderer rettleiingsmateriale for fullskala planting. Dersom evalueringa av pilotfasen viser at planting av skog som klimatiltak er føremålstenleg, vil ein i neste fase vurdere korleis ein best kan fremje auka skogplanting.
Rapport 2014
Posten er ny i 2016, og det er derfor ikkje rapportering for 2014.
Post 38 Restaurering av myr, kan overførast
Posten er ny og retta mot resultatområda Klima og Naturmangfald. Posten skal dekkje utgifter til tiltak for å restaurere myr og anna våtmark, planlegging og oppfølging av desse tiltaka. Posten kan nyttast til restaurering både inne i og utanom verneområde. Frå post 31 er det flytta 3 mill. kroner som i 2015 har finansiert same føremål. I tillegg er det lagt inn nye 10 mill. kroner på posten.
Restaurering av myr er ifølgje FNs klimapanel eit kostnadseffektivt tiltak for å redusere klimagassutsleppa i jordbrukssektoren på global skala. Tiltaket vart òg berekna i Klimakur 2020 som eit kostnadseffektivt tiltak i Noreg. Restaurering av myr og anna våtmark kan òg vere eit tiltak for klimatilpasning. Intakte våtmarker kan dempe flaumtoppar, dette gjeld spesielt våtmarker med elveinnløp. Dei kan òg redusere konsekvensane av tørke. Restaurering vil betre den økologiske tilstanden til myrene og betre og auke tilgangen på leveområde for ei rekkje truga arter.
Som ein del av regjeringas arbeid med å forsterke klimaforliket skal det utarbeidast ein plan for auka restaurering av myr og anna våtmark som klimatiltak i perioden 2016–2020. Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har fått i oppdrag å utarbeide eit forslag til plan, innan våren 2016. Restaureringa krev hovudsakleg at eksisterande grøfter og røyr blir fjerna eller demde opp. Auka restaurering av myr og anna våtmark skal innrettast slik at det medverkar til å oppfylle regjeringas målsetjingar om reduserte klimagassutslepp, tilpassing til klimaendringane og betring i økologisk tilstand. Kostnadseffektive tiltak skal prioriterast. Restaurering skal skje etter avtale med aktuelle grunneigarar og rettshavarar.
Rapport 2014
Posten er ny i 2016, og det er derfor ikkje rapportering for 2014.
Post 39 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 69 og 79
Posten er knytt til resultatområde Forureining. Utgiftene må sjåast i samanheng med midlar til same føremål under postane 69 og 79.
Posten blir nytta til å dekkje utgifter til undersøkingar og gjennomføring av oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff. Løyvinga går i hovudsak til arbeid i tilknyting til opprydding i forureina sjøbotn og til arbeidet med å rydde opp i forureina jord. Vidare dekkjer posten utgifter til opprydding frå enkelte forureina lokalitetar der staten ved miljøforvaltninga er eigar. Opprydding i forureina sjøbotn gjeld i hovudsak oppfølging av 17 prioriterte område.
Posten kan òg nyttast til planvis kartlegging, oppfølging og tiltaksretta overvaking av forureiningssituasjonen (tilstandsdata), til undersøkingar og utgreiingar for å leggje til rette for ein målretta og effektiv innsats i oppryddingsarbeid og til anna kunnskapsoppbygging.
Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og til målet «Utslipp av helse- og miljøfarlige stoff skal stansas.»
Prinsippet om at forureinar betaler ligg til grunn for arbeidet med oppryddinga og ligg til grunn for alle tre postane. Så langt det er rimeleg vil pålegg etter forureiningslova bli nytta som verkemiddel for å sikre opprydding. Det vil likevel vere ulike situasjonar der det er aktuelt at miljøforvaltninga dekkjer delar av utgiftene til undersøkingar, opprydding eller andre tiltak, som for eksempel:
Der staten ved miljøforvaltninga er den ansvarlege for forureininga
Der den ansvarlege ikkje kan identifiserast, ikkje er betalingsdyktig og/eller av andre grunnar ikkje kan stå for ei god opprydding
Der det av miljøgrunnar hastar å få rydda opp. Staten kan forskottere oppryddingskostnadene for å komme raskt i gang, og krevje kostnadene refunderte frå den ansvarlege i etterkant
Der miljøforvaltninga vil skaffe fram grunnlag for å leggje til rette for kunnskapsinnhenting og formidling
Der det er nødvendig for å medverke til ei samla opprydding eller anna tiltaksgjennomføring i eit område
Der det av andre grunnar er urimeleg at den ansvarlege skal dekkje alle kostnadene
Mange av dei store oppryddingsprosjekta i forureina sjøbotn er delfinansierte av kommunar og andre aktørar. Ettersom prosjekta strekkjer seg over fleire år, er det nødvendig å kunne inngå forpliktingar for framtidige år til å kjøpe inn materiell og til å gi tilsegn om tilskot ut over gitt løyving under kap. 1420 Miljødirektoratet postane 39, 69 og 79 Oppryddingstiltak. Ut frå behovet blir det fremja forslag om ei slik fullmakt på 66,7 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VII.
Rapport 2014
Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2014 er samla under post 79.
Post 61 Tilskot til klimatilpassingstiltak
Posten er oppretta for tilskotsordning for klimatilpassingstiltak i kommunane. Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om midlar til kunnskapsoppbygging, utgreiing av konkrete klimatilpassingstiltak, og til nettverksarbeid i og mellom kommunar. Posten er knytt til resultatområde 5 Klima. Det er sett av 6 mill. kroner til ordninga.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å styrkje kommunane sitt arbeid med klimatilpassing.
Kriterium for måloppnåing
Midlane må brukast på tiltak som gjer samfunnet betre rusta mot klimaendringane.
Tildelingskriterium
Kommunar og fylkeskommunar kan søkje om støtte for å setje i verk eller føre vidare gode tiltak som gjer samfunnet betre rusta til å møte klimaendringane.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at det blir følgt opp at tilskotsmottakarane nyttar midlane som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontroll av bruk av midlar skjer bl.a. gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsend av tilskotsmottakar. Ordninga er av mellombels karakter.
Rapport 2014
Posten var ny i 2015 og det er derfor ikkje rapportering for 2014.
Post 69 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 79.
Utgiftene på posten må sjåast i samanhang med midlar til same føremål under postane 39 og 79. Midlane er retta mot resultatområde Forureining. I dei fleste område som får støtte stammar forureininga frå langt tilbake i tid og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79 er derfor nødvendige for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.
Mål
Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunane har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.
Kriterium for måloppnåing
Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og til målet «Utslipp av helse- og miljøskadelege stoff skal stansas.»
Tildelingskriterium
I dei prioriterte tiltaksplanområda for forureina sjøbotn vil kommunen ofte stå for førebuing og gjennomføring av oppryddingstiltak. Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt i kommunal regi, og der fleire aktørar er med på å finansiere tiltaket. Kommunen må normalt òg sjølv medverke med midlar. Sjå òg omtale under kap. 1420 post 39 og 79.
Oppfølging og kontroll
Kontroll av bruk av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og slutt-rapport innsendt av tilskotsmottakar.
Rapport 2014
Rapportering på resultat frå ressursbruken i oppryddingsarbeidet for 2014 er samla under post 79.
Post 70 Tilskott til vassmiljøtiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
70.1 | Kalking | 9 753 | 7 000 | 4 630 |
70.2 | Anadrom laksefisk | 10 111 | 7 800 | 10 599 |
70.3 | Generell vassforvaltning | 7 298 | 7 800 | 8 026 |
Sum post 70 | 27 152 | 22 600 | 23 255 |
Posten samlar alle tilskotsmidlane til ulike vassmiljøtiltak. På same vis som post 22 er delt inn i midlar til kalking, bevaring og forvaltning av viltlevande anadrom laksefisk og heilskapleg vassforvaltning, er post 70 delt inn etter tilskotsmidlar for desse føremåla.
Frå underpost 1 er det flytta 2,5 mill. kroner til kap. 1420 post 22 underpost 1 Kalking. Andre vegen er det frå kap. 1420 post 22 underpost 2 flytta 2,5 mill. kroner til underpost 2. Flyttingane er gjort for å få ei mest mogleg optimal utnytting av ressursane til kalking og laksefisk. I tillegg er det lagt inn ei prisjustering på 0,7 mill. kroner på posten.
Tilskotsordningane under posten er retta mot resultatområde Naturmangfald, og dei nasjonale måla økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester og ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga arter og naturtypar skal betrast.
Kalking
Mål
Målsetjinga med tilskotsordninga er å medverke til å redusere dei negative effektane av sur nedbør på naturmangfaldet i vassdrag.
Kriterium for måloppnåing
God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av handlingsplanen for kalkingsverksemda.
Tildelingskriterium
Tilskot kan bli gitt til kjøp, transport og spreiing av kalk, til informasjon om effektar av tiltak som er gjennomført og rettleiing om kalking i vassdrag. Det kan ytast tilskot til prosjekt i område der tolegrensa for menneskeskapt forsuring er overskriden, og der det kan påvisast eller er sannsynleg at skadar på naturmangfaldet skuldast forsuring. I område der tolegrensa ikkje lenger er overskriden, men der tidlegare forsuring har ført til at det opphavlege mangfaldet er borte, kan det bli gitt tilskot til å reetablere opphavleg naturmangfald. Det blir ikkje gitt tilskot til naturleg sure lokalitetar. Ved tildeling av midlar kan det stillast vilkår om at fisket i området blir opna for allmenta etter retningslinjer gitt av miljøstyresmaktene, og at søkjaren medverkar med ein viss eigeninnsats. Eigeninnsatsen kan vere delfinansiering eller arbeidsinnsats.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.
Rapport 2014
Det meste av midlane under ordninga vart i 2014 brukt til kalking av innsjøar og bekkar, hovudsakleg i Agder og Rogaland. Det vart òg gitt tilskot til bladet pH-status og til Voss klekkeri.
Innanfor det tidlegare resultatområdet Livskraftige elvar og innsjøar har tilskotsordninga særleg vore retta mot dei nasjonale måla 2.2 og 2.6.
Anadrom laksefisk
Mål
Målet med tilskotsordninga er å leggje til rette for bevaring og forvaltning av vill anadrom laksefisk.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er å medverke til å nå måla for viltlevande anadrom laksefisk.
Tildelingskriterium
Det kan gis tilskot til tiltak knytte til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og sjørøye, under dette bevarings- og kultiveringstiltak og til anvend FoU-verksemd og overvaking som grunnlag for mellom anna lokal forvaltning av lakse- og sjøaurebestandar. Det kan òg gis tilskot til tiltak for å betre tilgangen til og moglegheita for fiske for allmenta.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarane blir følgt opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
I tillegg skjer resultatkontroll og oppfølging gjennom undersøkingar av vasskvalitet og biologiske forhold i vassdraga.
Rapport 2014
Midlane under ordninga vart i 2014 brukt til overvaking av referansevassdrag og overvakingsprogrammet for nasjonale laksevassdrag og -fjordar. Det er vidare gitt tilskot til forsking og utvikling innan arbeidet med nedkjemping av Gyrodactylus salaris, bevaring av fiskestammer i genbank og negative påverknader frå menneske. I tillegg er det gitt tilskot til arbeidet med fisketrapper i regi av brukarorganisasjonar. Samla har dette medverka til betre forvaltning og styrkt kunnskapsgrunnlag knytt til anadrom laksefisk.
Generell vassforvaltning
Mål
Målsetjinga med tilskotsordninga er å medverke til god økologisk og kjemisk tilstand i vatn, jf. vassforskrifta.
Kriterium for måloppnåing
God vasskvalitet er hovudkriteriet for måloppnåing. Lokal involvering vil òg vere eit viktig kriterium. Kriteria og framdriftsplan for desse følgjer av vassforskrifta og dei regionale vassforvaltningsplanane og tiltaksprogramma.
Tildelingskriterium
Tilskot kan gis til vassområde med særskilte utfordringar til tiltak der målet er god økologisk og/eller kjemisk tilstand i vatn, til tilrettelegging, organisering og informasjon knytt til arbeidet i vassområde og vassregionar og til utgreiingar og andre tenestekjøp knytte til særskilte utfordringar i vassområda.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarane blir følgde opp for å sikre at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2014
Midlane under ordninga blei i 2014 nytta til ulike tiltak for forbetring av vassmiljøet lokalt, både konkrete tiltak og overvaking. Det vart gitt tilskot til tre vassområde med særskilte utfordringar: Jæren, Haldenvassdraget og Morsa. Andre vassområde har fått midlar gjennom vassregionstyresmaktene.
Det vart òg gitt tilskot til landsdekkjande organisasjonar som har ei viktig rolle i medverknadsarbeidet.
Post 71 Marin forsøpling
Posten er retta mot resultatområde Forureining.
Mål
Ordninga skal gå til tiltak for å redusere marin forsøpling gjennom å dekkje utgifter knytte til opprydding av marint søppel og til førebyggjande arbeid. Hovudfokus skal vere på strandsona, inkludert opprydding av herrelause, kasserte fritidsbåtar. Prinsippet om at forureinar betaler skal liggje til grunn for arbeidet. Opprydding der det finst ein ansvarleg for avfallet er ikkje omfatta av ordninga. I slike tilfelle kan styresmaktene gi pålegg om opprydding, og utgiftene skal dekkjast av ansvarleg forureinar.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at midlane er knytte opp mot det nasjonale målet om «Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet utnyttas best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting».
Tildelingskriterium
Tilskotsordninga prioriterer tiltak som oppfyller eitt eller fleire av følgjande kriterium:
Samlar mange deltakarar, fleire aktørar og/eller dekkjer større geografiske område
Sikrar effektiv bruk av midlane
Er retta mot lite tilgjengelege område som truleg ikkje vil bli rydda av andre, eller stader der forsøplinga medfører svært stor skade for natur og miljø
Medverkar til auka kunnskap til årsaker og kjelder til marin forsøpling
Medverkar med eigenfinansiering eller tilskot frå andre kjelder
Oppfølging og kontroll
Kontroll av bruk av midlane skjer mellom anna gjennom sluttrapport innsend av tilskotsmottakar.
Rapport 2014
Posten var ny i 2015 og det er derfor ikkje rapportering for 2014.
Post 72 Erstatning for beitedyr tekne av rovvilt, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
72.1 | Erstatning for husdyr | 65 313 | 75 378 | 77 564 |
72.2 | Erstatning for tamrein | 63 008 | 75 377 | 67 273 |
Sum post 72 | 128 321 | 150 755 | 144 837 |
Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald, og nasjonalt mål Ingen arter og naturtypar skal uttryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast. Posten omfattar erstatningar for husdyr og tamrein som er drepne eller skada av rovvilt. Erstatningane kan variere frå år til år, bl.a. på grunn av naturgitte forhold. Løyvingsbehovet er slik sett vanskeleg å stipulere, og posten er derfor budsjettert som overslagsløyving. Løyvinga er justert opp med 4,1 mill. kroner som kompensasjon for prisstigninga. Samstundes er ho redusert med 10 mill. kroner på underpost 2 og grunna lågare erstatningar i 2014 for tamrein.
Mål
Ordninga skal sikre full erstatning for dokumenterte og sannsynleggjorte rovviltskadar på husdyr og tamrein slik dette er nedfelt i naturmangfaldlova.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at ordninga tek vare på dyreeigaren sin lovfesta rett til full erstatning i tilfelle der rovvilt er årsak til tap av dyr.
Tildelingskriterium
Erstatningar blir utbetalte i samsvar med «Forskrift om erstatning når husdyr blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 30. mai 2014 og «Forskrift om erstatning for tap og følgeskader når tamrein blir drept eller skadet av rovvilt», fastsett 4. mai 2001.
Oppfølging og kontroll
Erstatningssøknadene blir gjennomgått for å sikre at vilkåra for erstatning er oppfylte. Dokumentasjonen av skadane er betra mykje dei tre siste åra som følgje av at innsatsen med bestandsregistrering og skadedokumentasjon er trappa opp. Det er Statens naturoppsyn som gjennomfører skade-dokumentasjonen.
Rapport 2014
Erstatningsoppgjeret for husdyr og tamrein er gjennomført i medhald av gjeldane reglar. Det er framleis stor variasjon i tapsutviklinga i ulike område, men på nasjonalt nivå let det til å vere ein god samanheng mellom auka innsats på førebyggjande tiltak, og reduksjon i sauetapa. For reinnæringa ser ein ikkje ein tilsvarande samanheng. For denne næringa er det vanskelegare å finne eigna tiltak, og tapsforholda varierer i større grad med naturgitte forhold knytte til klima, beitegrunnlaget o.a. I 2014 blei det innført nye tiltak for å sikre ei betre samordning av erstatning for tap av rein der reineigaren har høgre reintal enn det som er fastsett av reindriftsforvaltninga.
Post 73 Tilskot til rovvilttiltak, kan overførast
Posten er retta mot resultatområde Naturmangfald. Midlane under posten skal bidra til å nå nasjonalt mål Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast. Posten dekkjer utgifter til førebyggjande og konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga, under dette godtgjering til lokale fellingslag og tilskot til Rovviltkurssenteret i regi av Noregs Jeger- og Fiskarforbund. Innafor posten er det sett av 10 mill. kroner til omstillingstiltak, ein auke på 3 mill. kroner i høve til 2015. På posten er det lagt inn ei prisjustering på 2 mill. kroner.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å førebyggje rovviltskadar i husdyrhald og tamreindrift gjennom å medverke til å finansiere førebyggjande tiltak. Midlane skal òg nyttast til omstillingstiltak for dyreeigarar med utmarksbasert sauehald, som over eit lengre tidsrom har hatt omfattande rovviltskadar og ønskjer ei omstilling til anna næringsverksemd med tilknyting til landbrukseigedommen. Ei ny føresegn for slike tiltak vart sett i verk i 2015. Vidare skal midlane nyttast til godtgjering ved forsøk på skadefelling av rovvilt, og medverke til å dempe konfliktar og auke verdiskapinga knytt til førekomst av rovdyr i lokalsamfunn. Det blir lagt vekt på å føre vidare arbeidet med tiltak innan førebygging og konfliktdemping med utgangspunkt i Stortingets behandling av St.meld. nr. 15 (2003 – 2004) Rovvilt i norsk natur, jf. Innst. S. nr. 174 (2003 – 2004), og rovviltforliket på Stortinget våren 2011 (jf. Representantforslag 8:163 S (2010 – 2011)).
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga stimulerer til mindre tap og konfliktar i forhold til rovviltførekomst i dei ulike rovviltregionane ved å setje i verk effektive førebyggjande og konfliktdempande tiltak. Vidare er det eit kriterium for måloppnåing at tilskotsordninga fører til omstillingar der dette fører til reduserte tap og konfliktar.
Tildelingskriterium
Tilskot til førebyggjande og konfliktdempande tiltak blir fordelte etter ei føresegn fastsett i 2013, mens føresegna som omhandlar omstillingstiltak vart fastsett i 2015. Det er utarbeidd ei eiga nettside for bl.a. å gjere informasjon om dei ulike førebyggjande og konfliktdempande tiltaka meir tilgjengeleg for beitebrukarar, kommunar og lokalsamfunn. I tråd med føringane i rovviltpolitikken vil ein hovuddel av midlane bli kanalisert gjennom dei åtte regionale rovviltnemndene. Midlane skal nyttast til førebyggjande tiltak i husdyrhald og tamreindrift og til konfliktdempande tiltak retta mot kommunar og lokalsamfunn. I kvar region har den regionale rovviltnemnda utarbeidd ein forvaltningsplan som skal sikre at det over tid blir lagt til rette for tilpassingar som gir eit best mogleg skilje mellom beitedyr og faste førekomstar av rovvilt. Dette inneber bl.a. at besetningar med store årlege tap til rovvilt bør prioriterast for tilskot til nødvendige driftstilpassingar. Dei regionale rovviltnemndene har hovudansvaret for at tildelingane over posten skjer i tråd med eigen forvaltningsplan i den enkelte regionen. Det er utarbeidd nasjonale standardar for nokre av dei ulike førebyggjande tiltaka. Desse standardane skal følgjast ved iverksetjing av tiltaka. Det blir i samband med tildeling av tilskotet lagt stor vekt på samarbeid med dei ulike forvaltningsorgana, blant anna Mattilsynet, og på at næringsdrift skal ha langsiktige og føreseielege vilkår. Midlane til omstilling skal fordelast av Miljødirektoratet, etter innspel frå regionale og lokale miljø- og landbruksstyresmakter.
Oppfølging og kontroll
Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportar frå tilskotsmottakarar om gjennomføring av tiltak og ressursforbruk. For å sikre effektiv bruk av midlane er det lagt vekt på kontroll med at førebyggjande tiltak som er støtta med offentlege midlar følgjer nasjonale standardar der slike er utarbeidde.
Rapport 2014
I 2014 vart det behandla i alt 545 søknadar om konkrete førebyggjande tiltak, og det vart behandla 243 søknader om tiltak for å dempe konfliktar kring rovvilt. Det kan ut frå statistikk over erstatningsutbetaling for skade/tap av sau, sjå ut til at tapa går ned med ein auke i avsette midlar til tiltak. Reduksjon i tapsomfanget kan òg henge saman med den geografiske differensieringa av både rovviltførekomst og prioritering av tiltak. Det er ikkje gjennomført evaluering av ordninga basert på enkelttiltak. På overordna nivå kan ein likevel sjå at det truleg er større verknad av tiltak som blir sette inn mot bjørne- og ulveskadar, enn mot jerv og gaupe. Ein viktig konsekvens av dette er at det vil vere målretta regulering av rovviltbestandane som i størst grad påverkar jerv og gaupeskadar.
Ettersom det har vore særs gode erfaringar med eit system der brukarar sender søknad elektronisk, er det no òg lagt til rette for at alle rapportar kan sendast inn på same vis. Dette vil føre til ei betre oversikt over oppnådde resultatet og brukarane si vurdering av måloppnåinga ved dei einskilde tiltaka. Resultata vert publiserte på ei nettside slik at alle kan ta del i vurderingane.
Post 74 CO2-kompensensasjonsordning for industrien
Målet med ordninga er å kompensere norsk industri for auka kraftprisar som følgje av EUs kvotesystem for CO2-utslepp. Kompensasjonen skal redusere faren for karbonlekkasje og slik hindre auke i globale utslepp som følgje av utflytting av industri til land med mindre stram klimapolitikk. Ordninga er basert på EU-kommisjonen sine retningslinjer som opnar for statsstøtte til utvalte industrisektorar som er vurderte til å vere særleg utsette for karbonlekkasje. Den norske ordninga vart godkjent av EFTA sitt overvakingsorgan ESA i september 2013.
Støttebeløpa blir utbetalte etterskotsvis året etter støtteåret. Basert på gjeldande anslag er posten auka med 224 mill. kroner for å kunne utbetale kompensasjon i tråd med reglane for ordninga.
Det årlige støttebeløpet avheng blant anna av utviklinga i kvoteprisen.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga reduserer faren for karbonlekkasje.
Tildelingskriterium
Ordninga omfattar industriverksemder i alle 15 sektorar som i høve til EUs retningslinjer har moglegheit for støtte. Dette inkluderer blant anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling.
Ordninga gjeld ikkje for langsiktige kraftavtaler inngått før 2005. Vidare skal industrien sin eigen kraftproduksjon komme til fråtrekk i utbetalinga av støtte. Ordninga gjeld for perioden 1. juli 2013 til 31. desember 2020.
Dette inneber at det for støtteåret 2015 må løyvast pengar for utbetalingar i samband med statsbudsjettet for 2016.
Oppfølging og kontroll
Ordninga blir administrert av Miljødirektoratet, som i behandling av søknadene kontrollerer om dei enkelte verksemdene fyller vilkåra for utbetaling av kompensasjon. Det blir årleg rapportert om bruken av midlar til EFTA sitt overvakingsorgan ESA og til Stortinget i samband med budsjettet.
Rapport 2014
Fristen for å rapportere blant anna produksjonstal og elektrisitetsforbruk for 2014 var 1. mars 2015. Basert på innrapporterte tal for 2014 utbetalte Miljødirektoratet i 2014 222,7 mill. kroner for støtteåret 2013. Etter den ordinære utbetalinga har Miljødirektoratet i 2015 utbetalt kompensasjon på ytterleggre 55 mill. kroner for støtteåret 2013, som ei følgje av Klima- og miljødepartementet sine vedtakt i klagesaker under ordninga. Løyvinga til ordninga var auka gjennom revidert nasjonalbudsjett 2015, jf Prop. 119 S (2014 – 2015) som følgje av vedtaka i klagesakene.
Midlane er retta mot resultatområde Klima.
Post 75 Utbetaling for pant av bilvrak, overslagsløyving
Ordninga rettar seg mot resultatområde Forureining. Posten er auka med 58 mill. kroner for 2016. Auken skuldast nye anslag for talet på vraka køyretøy.
Mål
Målet med vrakpantordninga er å stimulere bileigarar til å levere utrangerte bilar til godkjend biloppsamlingsplass slik at bilvraket kan takast hand om på ein forsvarleg måte og gjenvinnast. Posten dekkjer utbetaling av vrakpant og kostnader ved overføring av vrakpanten til bileigaren. Forskrift om kasserte køyretøy gir produsentar og importørar ansvaret for handtering av kasserte køyretøy. Produsentansvaret er ein del av kapittel 4 i avfallsforskrifta om kasserte køyretøy. Sjølv om ansvaret er lagt på produsentar og importørar, vil regjeringa inntil anna er avgjort føre vidare dagens statlege avgifts- og panteordning.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er at tilskotsordninga medverkar til å auke innlevering av bilvrak slik at dei kan takast hand om på ein forsvarleg måte.
Tildelingskriterium
Vrakpanten blir utbetalt av tollregion Midt-Noreg mot kvittering for at bilvraket er levert til godkjend biloppsamlingsplass for behandling.
Ordinær vrakpant for 2016 er sett til 3 000 kroner.
Oppfølging og kontroll
For å sikre at bilvraket har rett til vrakpant blir vrakmeldinga kontrollert mot det sentrale motorvognregisteret. Kontrollen skjer elles ved kontroll av lager på oppsamlingsplassane og rekneskap med vedlegg.
Rapport 2014
Posten er retta mot nasjonalt mål «Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten, og ressursane i avfallet unyttast best mogleg gjennom materialgjenvinning og energiutnytting» innanfor resultatområde Forureining. I 2014 vart det samla inn om lag 150 000 bilvrak, som er ein liten nedggang frå 2013.
Post 76 Refusjonsordningar, overslagsløyving
Posten dekkjer ulike refusjonsordningar retta mot resultatområde Forureining og Klima. Posten dekkjer dessutan utgifter til ulike utgreiingar og tiltak som miljøstyresmaktene har behov for i samband med administrering av ordningane. Posten har fått ei prisjustering på 1,8 mill. kroner.
Refusjon av smørjeoljeavgifta
Mål
Målet med ordninga er å stimulere til auka innlevering av spillolje til miljøgodkjent behandling. Spillolje er brukt smørjeolje og transformatorolje og er klassifisert som farleg avfall. Smørjeolje er, med unntak av enkelte bruksmåtar, pålagt smørjeoljeavgift, jf. St.prp. nr. 1 (2007 – 2008) Skatte-, avgifts- og tollvedtak, kap. 5542 post 71.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er totalt innsamla kvantum av spillolje.
Tildelingskriterium
Det blir utbetalt refusjon for dei fleste typar brukt smørjeolje og andre brukte oljer (transformatoroljer med meir) med tilsvarande eigenskapar, med unntak av blant anna spillolje som kjem frå større skip (større enn 250 fot) i internasjonal sjøfart. Refusjonen blir utbetalt til større mottaksanlegg (tankanlegg) med førehandstilsegn frå Miljødirektoratet. I tilsegna er det fastsett ein del vilkår som refusjonsmottakar har plikt til å rette seg etter. Krav om utbetaling blir kontrollerte opp mot førehandstilsegna.
Refusjonssatsen vert fastsett årleg av Miljødirektoratet med utgangspunkt i nivået på smøreoljeavgifta
Oppfølging og kontroll
Oppfølginga blir teken vare på gjennom statistikk over årleg kvantum innsamla spillolje. Ved kontroll i tankanlegga dei siste åra er det konstatert mange brot på ordninga for refusjonar. Miljødirektoratet følgjer opp brota ved å nekte refusjonsutbetaling eller krevje tilbakebetaling av feilaktig utbetalte refusjonar. Strengare reaksjonar som tilbaketrekking av tilsegna eller melding til politiet blir òg vurderte i alvorlege tilfelle.
Rapport 2014
Innsamlingsgrad for spillolje (med og utan rett til refusjon) er i dag i underkant av 90 pst. og har vore stabil dei siste åra. I 2014 vart det totalt samla inn om lag 25 000 m3 olje som har krav på refusjon. Tilsvarande mengd var om lag 24 000 m3 i 2013. Det vart i 2014 utbetalt om lag 53,1 mill. kroner i refusjon. Refusjonssatsen var på 2,20 kroner pr. liter.
Refusjonen har gjort det attraktivt å levere inn spillolje som eigaren elles måtte betale for å levere, og har derfor medverka til å gi oss ein høg innsamlingsgrad.
Ressursbruken under tilskotsordninga var i 2014 retta mot det nasjonale målet «Veksten i mengden avfall skal være vesentlig lavere enn den økonomiske veksten, og ressursene i avfallet skal utnyttes best mulig gjennom materialgjenvinning og energiutnyttelse» under resultatområde Forureining.
Refusjon av avgift på Trikloreten (TRI)
Refusjonsordninga for TRI vart oppheva frå 31.12.2015. Dei siste åra har det ikkje vore utbetalingar under ordninga, og forslag om å oppheve ordninga var på høyring hausten 2014. Ingen av høyringsinstansane hadde merknader til å oppheva ordninga, og det kom inn eit siste refusjonskrav.
Årsaka til at ordninga har tapt sin funksjon er truleg at andre verkemiddel har gjort at TRI blir brukt i lite omfang i dag. Det finst ei avgift på bruk av TRI, det er forbod mot bruk av TRI til privat bruk og det er i dag krav om løyve for å kunne bruke dette stoffet. Det er òg strenge krav til vernetiltak i arbeidsmiljøregelverket, og TRI har blitt erstatta av andre og mindre skadelege stoff.
Rapport 2014
Det var ein refusjon i 2014 på berre 3000 kroner. Det var ikkje søknadar om utbetaling av refusjon verken i 2012 eller i 2013. Ressursbruken under ordninga har samanheng med det nasjonale målet «Veksten i mengden avfall skal være vesentlig lavere enn den økonomiske veksten, og ressursene i avfallet skal utnyttes best mulig gjennom materialgjenvinning og energiutnyttelse» under resultatområde Forureining.
Refusjon av avgift på hydrofluorkarbon (HFK) og perfluorkarbon (PFK)
Mål
Refusjonsordninga er heimla i forskrift 1. juni 2004 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall (avfallsforskrifta), kapittel 8. Hydrofluorkarbon (HFK) blir i første rekkje nytta i kjøle- og fryseanlegg, varmepumper og mobil luftkondisjonering.
Formålet med ordninga er å redusere utslepp til miljøet av HFK og PFK. Gassane er klimagassar, og reguleringa av desse er ein del av strategien for å redusere utsleppa av klimagassar i samsvar med Kyotoprotokollen. Ordninga med avgift og refusjon skal medverke til meir bruk av miljøvennlege hjelpemedium og mindre bruk av dei mest skadelege HFK/PFK-gassane, stimulere til produktutvikling, styrkje arbeidet med å hindre lekkasjar og stimulere til innsamling og forsvarleg behandling av brukt gass. Målgruppe for ordninga er aktørar som har HFK- og PFK-haldig avfall.
Tildelingskriterium
Forskrifta inneber at kuldebransjen og andre som leverer HFK og PFK til godkjent destruksjonsanlegg, kan krevje refusjon. Føresetnaden er dokumentasjon som viser kva for mengd og typar av HFK og PFK som er leverte.
Det blir utbetalt refusjon for den mengda HFK og PFK som er levert til godkjent destruksjonsanlegg for destruksjon. Refusjonssatsane vil vere lik dei gjeldande differensierte avgiftssatsane for avgifta på HFK og PFK ved innleveringstidspunktet, jf. Stortingets årlege avgiftsvedtak og forskrift 11. desember 2001 nr. 1451 om særavgifter § 3-18-2.
Oppfølging og kontroll
Miljødirektoratet fører tilsyn med refusjonsordninga, jf. avfallsforskrifta § 17-3. Mengd HFK/PFK som blir samla inn og sendt til destruksjon varierer mykje frå år til år. Grunnen er at gassen blir innsamla på store tankar. Når ein tank er full, blir den sendt til forsvarleg destruksjon. Kvar tank som blir sendt til destruksjon utløyser om lag 3 – 6 mill. kroner til utbetaling i refusjon, avhengig av samansetjinga av gassane i tanken.
Rapport 2014
I 2014 vart tre tankar med gass leverte til destruksjon med eit samla refusjonsbeløp på om lag 16 mill. kroner. Det vart samla inn to tankar i 2013 og fire tankar i 2012.
Innhaldet i tankene er i all hovudsak ulike blandingar av HFK-gassar, då PFK-gassar er svært lite brukte i Noreg. Ressursbruken under ordninga var i 2014 retta mot dei nasjonale måla under resultatområde Klima.
Post 77 Ymse organisasjonar og stiftelsar m.m.
Posten er firedelt, jf. omtale under. Midlane er retta mot resultatområda Naturmangfald, Friluftsliv, Forureining, Klima og Polarområda. På posten er det lagt inn ei prisjustering på 0,2 mill. kroner.
Tilskot til frivillige miljøorganisasjonar og allmennyttige stiftelsar innanfor forureiningsområdet
Mål
Tilskotsordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar med arbeid mot forureining som formål, for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.
Målet er òg å påverke produksjons- og forbruksmønsteret ved å byggje opp og formidle kompetanse om miljøvennleg produksjon og forbruk, og stimulere til berekraftig praksis i næringsliv, hushald og offentleg verksemd.
Tildelingskriterium
Storleiken på driftstilskota blir fastsett bl.a. ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.
Ordninga omfattar tilskot til:
Norsk vassforeining
Norsk foreining mot støy
Tilskot til LOOP
Foreininga Hald Noreg Reint
For 2016 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som for 2015. Det er ein føresetnad at organisasjonane og stiftelsane sender inn søknad om tilskot. Det blir fortløpande vurdert om organisasjonane og stiftelsane tilfredsstiller kriteria for å ta imot støtte.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarar bli følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar.
Rapport 2014
Midlane er brukte til grunnstøtte til drift, opplæringstiltak og informasjonstiltak og førebyggjande arbeid generelt i dei ulike organisasjonane.
Miljømerking, miljøvennleg forbruk og forbrukarinformasjon
Mål
Ein sirkulær økonomi skal fremje effektiv ressursbruk, medverke til å redusere klimautslepp, sikre robuste økosystem og redusere bruken av miljøgifter. Ein sirkulær økonomi har som mål å ta vare på verdien av materialar og energi i produkt i heile verdikjeda så langt råd er, og slik minimere avfall og ressursbruk. Standardar for miljøleiing, produkt og tenester og miljømerking er viktige verktøy i ein førebyggjande miljøpolitikk. Standardisering inneber utarbeiding av krav og spesifikasjonar for varer, tenester, prosessar og verksemder. Miljømerking skal gi informasjon til og bevisstgjering av forbrukarar, næringsliv og offentlege verksemder om miljøvennlege val. Dei offisielle miljømerkeordningane som Svana og Blomen er eit viktig supplement til lovpålagte krav. Merkeordningane er nærare omtalte i Barne- og likestillingsdepartementets budsjettproposisjon.
Posten omfattar driftstilskot til Stiftelsen Miljømerking og Standard Noreg. Standard Noreg er ny tilskotsmottakar frå 2016.
Kriterium for måloppnåing
Klima- og miljødepartementet føreset at midlane blir nytta til å intensivere arbeidet med verkemiddel som fremjar ein sirkulær økonomi. Innan standardiseringsarbeidet er det viktig med arbeid knytt til europeiske og internasjonale standardar som er særleg relevante for miljøleiing og klima- og miljøomsyn i produkt og tenester. For miljømerking er det sentralt med utvikling av miljøkriterium slik at fleire produktgrupper blir merkte. Det skal særleg leggjast vekt på å utvikle og videreutvikle kriteriesett for produktgrupper som medfører stor miljøbelastning.Det skal òg fokuserast på tiltak for å få fleire produsentar til å søkje om merket innanfor dei områda der det er utvikla kriterium og til å gi forbrukarar informasjon om spekteret av miljømerkte produkt på marknaden.
Tildelingskriterium
Tildeling av midlar er basert på organisasjonene sine resultat frå føregåande år og ein konkret søknad om midlar for kommande periode, sett opp mot prioriterte nasjonale miljø- og berekraftsmål.
Oppfølging og kontroll
Drifts- og prosjekttilskota blir følgde opp gjennom krav som blir fastsette i kvart enkelt tilsegnsbrev. Det blir motteke årsrapport og/eller rekneskapsoversikt for alle tilsegner, i tillegg til at det er fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.
Rapport 2014
Midlane til Stiftelsen Miljømerking er brukte til å auke kunnskapen om, kjennskapen til og aksepten av miljømerkinga si betydning.
Naturfaglege organisasjonar
Mål
Ordninga skal medverke til å halde oppe eit utval av demokratisk oppbygde, landsomfattande organisasjonar innan naturområdet for å sikre frivillig engasjement og styrkje medverknaden i miljøspørsmål lokalt, regionalt og nasjonalt, basert på fagleg innsikt.
Tildelingskriterium
Storleiken på driftstilskota blir fastsett mellom anna ut frå ei vurdering av organisasjonane sitt aktivitetsnivå nasjonalt og lokalt, økonomien deira og alternative høve til finansiering, saman med medlemstalet i organisasjonane.
Det er rekna med tilskot til:
Foreininga Våre Rovdyr
Norsk Biologforeining
Norsk Botanisk Foreining
Norsk Entomologisk Foreining
Norsk Ornitologisk Foreining
Noregs Sopp- og nyttevekstforeining
Norsk Zoologisk Foreining
For 2016 er det rekna med tilskot til dei nemnde tilskotsmottakarane på same nivå som for 2015. Tilskot til den einskilde organisasjonen blir utbetalt etter søknad.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakarar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett, og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar. I tillegg kjem fagleg kontakt med dei enkelte tilskotsmottakarane.
Tilskot til tiltak/prosjekt for å bringe miljø nær folk
Rapport 2014
Midlane vart nytta til informasjonsverksemd og prosjekt innanfor dei ulike organisasjonane sine område.
Mål og målgruppe for ordninga
Ein stor del av den norske befolkninga har eit høgt miljømedvit, men ikkje så stor miljøhandlingsvilje. Utfordringa er å gjere miljøvenlege val til løysingar som folk vil vere med på, og gjere miljøinformasjon lett tilgjengeleg for folk.
Føremålet er å informere og engasjere enkeltmenneske til miljøvennleg åtferd. Målgruppe for ordninga er organisasjonar, stiftelsar og faglege nettverk.
Det er sett av 1 mill. kroner under denne ordninga i 2016.
Tildelingskriterium
Midlane kan nyttast til tiltak og prosjekt som er nyskapande og skal òg medverke til å gjere miljøinformasjon og miljøkunnskap tilgjengeleg. Det er viktig å nå breitt ut til befolkninga.
Oppfølging og kontroll
Det vert rapportert fagleg og økonomisk på tildelte midlar. Tilskotsmottakarar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Oppfølging og kontroll går føre seg ved generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapporteringar.
Rapport 2014
Midlar er nytta til ei rekkje prosjekt som til dømes kampanjar, informasjonsverksemd og prosjekt i det offentlege rom.
Post 78 Friluftslivsformål, kan overførast
Posten er retta mot resultatområde Friluftsliv, alle dei tre nasjonale måla.
Posten er redusert med 3 mill. kroner som var øyremerka Friluftslivets år i 2015 og 10 mill. kroner som er tilbakeført til post 30 etter i 2015 å ha styrka tiltak i Friluftslivets år. Til posten er det lagt inn ei prisjustering på 3,5 mill. kroner.
Det er behov for ei tilsegnsfullmakt på 3 mill. kroner til anskaffingar i samband med kjøp og reparasjonar av båtar i Skjergardstenesta, jf. forslag til vedtak VI.
Til posten ligg fleire tilskotsordningar som er omtala under.
Friluftslivsaktivitet
Tilskot til friluftslivsaktivitet har ei ramme på 40 mill. kroner, ein auke på 3 mill. kroner.
Mål
Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for alle grupper i befolkninga.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.
Tildelingskriterium
Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til materiell og utstyr som medverkar til å fremje friluftslivsaktivitetar. Følgjande type aktivitetar blir prioriterte:
Aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for ulike brukargrupper.
Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.
Tiltak som inkluderar ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuelle målgrupper.
Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid
Personar som er lite fysisk aktive, barn, unge og barnefamiliar og personar med nedsett funksjonsevne blir prioriterte.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2014
Totalt vart det i 2014 gitt 28,9 mill. kroner i tilskot til lag og organisasjonar som arbeider med aktivitetsfremjande tiltak for friluftsliv. Av dette fekk landsomfattande friluftslivsorganisasjonar 13,5 mill. kroner direkte frå Miljødirektoratet, mens lokale og regionale lag og organisasjonar fekk 15,4 mill. kroner frå fylkeskommunane. Totalt bad 581 søkjarar om statleg støtte frå posten, og det totale søknadsbeløpet var 69 mill. kroner.
Midlane er i all hovudsak brukte til å støtte tiltak for barn, unge og barnefamiliar, tiltak som stimulerer nye grupper til deltaking i friluftslivsaktivitetar, til dømes personar med nedsett funksjonsevne og etniske minoritetar i Noreg, og tiltak som medverkar til å utvikle samarbeidet mellom friluftsliv og kulturminne. Eksempel på tiltak er Friluftsrådas Landsforbund sitt prosjekt «Læring i friluft» og Norsk Friluftsliv sitt prosjekt «Digital opplæring om allemannsretten». Det er òg gitt tilskot til Noregs sopp- og nyttevekstforbund til «Soppens dag», til Norsk Botanisk foreining sitt arrangement «Villblomstens dag» og til Norges Astma- og Allergiforbund sitt aktivitetstilbod «Ungdom på tur».
Friluftslivsaktivitet for personar med innvandrarbakgrunn
Ordninga har ei ramme på 5 mill. kroner.
Mål
Målet med ordninga er å medverke til auka deltaking i helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg friluftsliv for personar med innvandrarbakgrunn, og medverke til å auke integreringa av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv. Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat og omfanget av aktivitetsfremjande tiltak i regi av friluftsorganisasjonane.
Tildelingskriterium
Det blir primært gitt tilskot til friluftslivstiltak som stimulerer til direkte friluftslivsaktivitet. Det kan òg bli gitt støtte til utstyr og materiell som medverkar til å fremje friluftslivsaktiviteten.
Følgjande type aktivitetar blir prioriterte:
Tiltak som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege.
Tiltak som fører til auka integrering av personar med innvandrarbakgrunn i befolkninga elles.
Tiltak som blir gjennomførte i nærmiljøet med særleg vekt på byar og tettstader.
Tiltak som inkluderar ein plan for marknadsføring av tiltaket overfor aktuell målgruppe.
Tiltak som medverkar til auka deltaking over tid
Barn, unge og barnefamiliar er prioriterte i ordninga.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2014
Ordninga hadde ei ramme på 5 mill. kroner i 2014. Totalt var det 11 søkjarar som til saman søkte om 8,3 mill. kroner. 10 lag og organisasjonar vart til saman tildelt 4,9 mill. kroner i tilskot.
Tiltaka omfatta tilbod om turar og aktivitetar, men òg inkluderingstiltak og opplæring av personar med innvandrarbakgrunn til å bli leiarar i lag og organisasjonar. Tanken er at leiarar med innvandrarbakgrunn er viktige for vidare rekruttering av personar med innvandrarbakgrunn.
Eksempel på tiltak er Wild X sitt ungdomsprosjekt «Wild X» med opplæring og tilbod om turar knytte til jakt, fiske og anna friluftsliv, Friluftsrådas Landsforbund sitt prosjekt «Friluftsintroduksjon i regi av friluftsrådene», Norsk Friluftsliv sitt prosjekt «Inkluderingstiltak i forbindelse med Friluftslivets år», Den norske Turistforeining/Raudekrossen sitt samarbeidsprosjekt om eit tilbod til innvandrargruppar og Skiforeininga sitt tiltak «Friluftsglede for alle». I tillegg fekk Noregs Jeger- og fiskarforbund støtte til prosjektet «Fiske og friluft med etniske minoriteter».
Driftsstøtte til friluftslivsorganisasjonar
Ordninga har ei ramme på 30,52 mill. kroner.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å styrkje allmenta sine interesser for deltaking i friluftsliv gjennom det arbeidet som skjer gjennom dei store friluftslivsorganisasjonane og deira lokale lag og foreiningar.
Friluftsrådas Landsforbund (FL) er paraplyorganisasjonen for dei interkommunale friluftsråda. (Det er 25 interkommunale friluftsråd, der 24 er tilsluttet FL). Det er sett av 13,75 mill. kroner i administrasjonsstøtte til FL og dei interkommunale friluftsråda, ein auke på 1,5 mill. kroner frå 2015. Det er eit mål at flest mogleg kommunar er med i eit interkommunalt friluftsråd.
Norsk Friluftsliv er paraplyorganisasjon for 15 friluftslivsorganisasjonar med til saman 724 500 medlemmar. Det er sett av 4,57 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Norsk Friluftsliv. FL, Norsk Friluftsliv og Samarbeidsrådet for naturvern (SRN) har etablert fylkesvise samarbeidsnettverk for natur og friluftsliv (FNF – Forum for natur og friluftsliv). Til FNF er det sett av 11 mill. kroner i administrasjonsstøtte, ein auke på 1,5 mill. kroner frå 2015.
Organisasjonen Wild X tilbyr friluftslivsaktivitetar med personar med innvandrarbakgrunn i alderen 12 – 25 som hovudmålgruppe. Det er sett av 1,2 mill. kroner i administrasjonsstøtte til Wild X.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv.
Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane og friluftsråda sitt arbeid med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir tekne opp i årlege møte med FL, friluftsråd som ikkje er knytta til FL, Norsk Friluftsliv og Wild X.
Rapport 2014
Totalt vart det i 2014 tildelt 10,75 mill. kroner til FL og interkommunale friluftsråd. Midlane er nytta til drift, til å styrkje arbeidet i FL og til å utvide FLs engasjement geografisk. Det er er stor interesse for interkommunalt samarbeid om friluftsråd, og i 2014 var det 24 interkommunale friluftsråd med 194 medlemskommunar. Friluftsråda femner slik vel 70pst. av befolkninga i kommunane.
Det er i 2014 inngått avtale med grunneigarar om 277 km med nye turstigar, skiløyper og turvegar, og friluftsråda har saman med medlemskommunane arbeidd med sikring av 9 nye friluftsområde. Det er tilrettelagt 30 km med nye turstigar og friluftsråda har vore pådrivarar og koordinatorar i arbeid med ytterlegare 46 km.
Friluftsråda har hatt opne turar med 17 700 deltakarar, tiltak for barn og ungdom med 14 800 deltakarar og tiltak for personar med minoritetsbakgrunn med 7 800 deltakarar. I tillegg har 69 000 vore med på turar der friluftsråda har vore medarrangørar. Friluftsråda har framleis stor innsats retta mot friluftsliv og bruk av naturen i læringsarbeidet i barnehage og skule, og engasjerer seg i arbeidet med å ta vare på arealgrunnlaget for friluftsliv gjennom verdikartlegging av friluftsområde, deltaking i dei fylkesvise Forum for natur og friluftsliv og gjennom uttale i ulike arealsaker.
Friluftsråda forvaltar 520 offentleg eigde friluftsområde med omfattande oppgåver knytt til m.a. skjøtsel, vask av toalett og bosshandtering.
Norsk Friluftsliv vart i 2014 tildelt 4,07 mill. kroner i administrasjonsstøtte. Norsk Friluftsliv fordeler aktivitets- og prosjektmidlar frå Miljødirektoratet for vidare tildeling til sentralledda i Norsk Friluftsliv sine medlemsorganisasjonar. Arbeidet omfattar i stor grad påverknads- og informasjonsarbeid overfor offentlege styresmakter og andre organisasjonar, med sikte på å skape best mogleg vilkår for friluftslivet. I 2014 hadde Norsk Friluftsliv ansvaret for dagleg leiing av planlegging av Friluftslivets år 2015.
Forum for Natur og friluftsliv (FNF) vart i 2014 tildelt 8,5 mill. kroner i administrasjonsstøtte. I 2014 er organiseringa av FNF vurdert, og arbeidsgivaransvaret er no plassert sentralt for alle tilsatte. Alle fylke har ein eigen FNF-koordinator, og litt over halvparten av fylka har koordinatorar i 80 – 100 pst. stilling. FNF-koordinatorane gjer eit betydeleg og viktig arbeid for natur- og friluftsinteressene i dei enkelte fylka.
Tiltak i statleg sikra friluftslivsområde
Ordninga har ei ramme på 30 mill. kroner, ein auke på 5 mill. kroner.
Mål
Målet med ordninga er å medverke til naturvennleg fysisk tilrettelegging og skjøtsel i statleg sikra friluftslivsområde og i område verna som friluftsområde etter markalova, slik at områda blir tilgjengelege og attraktive.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv.
Måloppnåinga blir òg vurdert ut frå oppnådde resultat i kommunane med opparbeiding og skjøtsel av statleg sikra friluftsområde.
Tildelingskriterium
Det blir tildelt tilskot til tilrettelegging som har eitt eller fleire av følgjande mål:
Minske dei fysiske hindringane for friluftsliv og leggje til rette for auka friluftslivsaktivitet for alle.
Ta vare på kvalitetane for oppleving i området og leggje til rette for gode naturopplevingar
Hindre at friluftsliv fører til unødige naturinngrep, slitasje og forstyrring av plante- og dyrelivet, kulturminne og kulturmiljø.
Tilskot kan berre bli gitt der tiltaket inngår i ein gjeldande og godkjent forvaltningsplan knytt til tilrettelegging av statleg sikra friluftslivsområde. For område verna som friluftslivsområde etter markalova er det eit vilkår at tiltaka er i tråd med verneforskrift og eventuell forvaltningsplan for området.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2014
Budsjett for 2014 var 23,07 mill. kroner, som vart tildelt fylkeskommunane for vidare tildeling til kommunar og interkommunale friluftsråd. Fordelinga vart utført på grunnlag av omfanget av statleg sikra friluftslivsområde, og om det låg føre forvaltningsplanar for friluftslivsområda som dokumenterer behov for tiltaksmidlar. I to fylke var det ingen søknader om tilskot til tiltak i 2014. I gjennomsnitt vart dei andre fylka i 2014 tildelt 1,35 mill. kroner. Eit fylke blei tildelt 4 mill. kroner, mens det fylket som fekk minst blei tildelt 180 000 kroner. I alt fekk 6 fylke tildelt meir enn 1,8 mill. kroner.
Totalt mottok fylkeskommunane 224 søknader frå kommunar og interkommunale friluftsråd, og totalt søknadsbeløp var 51 mill. kroner. Tiltaka var totalt kostnadsberekna til 91 mill. kroner, noko som viser at mange søkjarar medverkar sjølve med eigne midlar og dugnadsinnsats. Det vart i 2014 gitt statleg støtte til omkring 190 tiltak. Ein stor del av tiltaka omfatta universell tilrettelegging slik at fleire grupper av befolkninga får høve til å nytte områda. Dei fleste tilretteleggingstiltaka stimulerer til aktivitet, som til dømes etablering og merking av turvegar og stigar.
Eksempel på tiltak som fekk statleg støtte i Akershus fylke i 2014 er skjøtsel og diverse friluftstiltak på Borøya i Bærum kommune og midlar til Oslofjordens Friluftsråd til oppgraderingar på Ommen og Vestli. I Buskerud fylke har Krødsherad kommune fått støtte til heilårs turløype og gapahuk på Norefjell. I Vestfold fylke har Nøtterøy kommune fått støtte til ei universelt utforma fiskebrygge på Dunholmen, Tønsberg kommune til baderampe og HC strandtoalett på Klopp/Husvik og Re kommune til renovering av molo og ny badrerampe på Sandsletta. I Telemark fylke har Bamble kommune fått støtte til tiltak på Rognstranda og Bø kommune til tiltak i Evjudalen. I Vest-Agder fylke er det mellom anna gitt tilskot til Farsund kommune til parkeringsplass, toalett og tursti på Østhasselstrand og til Kristiansand kommune til å renovere badebrygge og diverse skjøtselstiltak i Bertesbukta. I Nord-Trøndelag fylke fekk mellom anna Stjørdal kommune støtte til tilrettelegging av sti, skilting og rydding i Monsberga friluftslivsområde, og i Troms fylke har Midt-Troms friluftsråd fått støtte til ulike tiltak for tilrettelegging på Ersfjordstranda.
Skjergardstenesta
Ordninga har ei ramme på 24,3 mill. kroner, ein auke på 2,1 mill. kroner.
Mål
Ordninga gir statlege budsjettmidlar til drift av skjergardstenesta, inkludert kjøp og større reparasjonar av båtar knytte til tenesta.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga vil bli dokumentert gjennom resultatindikatorane på resultatområde Friluftsliv.
Måloppnåinga blir vurdert ut frå aktiviteten til skjergardstenesta.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar blir følgt opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapportering i forhold til bruk av tilskotsmidlar blir òg tekne opp i møte mellom Miljødirektoratet/fylkesmannen og skjergardstenesta i dei tre regionområda, og skal rapporterast i samband med søknader om tilskot kommande år.
Rapport 2014
Skjergardstenesta oppnådde i 2014 gode resultat i alle driftseiningar. Det vart teke i bruk to nye arbeidsbåtar; til Friluftsrådet Vest og til Bærum kommune, og det vart inngått kontrakt for bygging av ny båt i eit område (Bergen og omland friluftsråd) som vart klar til sesongen 2015. Som ei oppfølging av rapporten frå evalueringa i 2013 vart det i 2014 gjennomført ytterlegare tiltak for å utvikle skjergardstenesta vidare. Mellom anna er det gjennomført fleire tiltak på kompetansesida, tiltak for oppfølging av nye forskrifter for bygging av mindre lasteskip og tiltak for å styrkje styrings- og rapporteringsrutinane.
Andre friluftslivstilskot
Det er for 2016 sett av 1 mill. kroner til Norsk Friluftsliv til arbeidet med å oppsummere og evaluere Friluftslivet år 2015. Midlane skal gå til lønn og administrative utgifter.
Det er sett av 7 mill. kroner i tilskotsmidlar til prosjektet kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde, ein auke på 2 mill. kroner. Til leiing av prosjektet er det sett av midlar under kap. 1420 post 01.
Rapport 2014
Norsk Friluftsliv blei tildelt 2,5 mill. kroner i 2014 til arbeidet med dagleg leiing og planlegging av Friluftslivets år 2015. Midlane har gått til informasjons- og nettverksarbeid, utvikling av materiell og digitale plattformar for marknadsføring og kommunikasjon, lønn og administrative utgifter. Gjennom eit breitt samarbeid har både offentlege, private og frivillige aktørar vore involverte.
Det blei sett av 15 mill. kroner til aktivitet og tiltak i samband med Friluftslivets år. Midlane vart lyste ut i 2014, og blei fordelte i 2014 med tilsegn om tilskot til i alt 31 prosjekt i regi av 22 ulike landsdekkjande organisasjonar. Midlane blei utbetalte i 2015.
Prosjektet kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde vart sett i gang i 2014, med ei tilskotsramme på 3,2 mill. kroner. Fylkeskommunane har ei sentral rolle i prosjektet, og skal mellom anna setje i gang og gjennomføre regionale prosjekt for å stimulere kommunane til kartlegging og verdsetjing av friluftslivsområde etter Miljødirektoratet sin rettleiar M-98 2013: «Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder». Fem fylkeskommunar fekk tildelt midlar i 2014, og er i gang med koordinering av arbeidet i sine fylke. 44 kommunar er ferdige med si kartlegging, og omlag halvparten har lagt inn resultata i Naturbase. I tillegg er 47 kommunar i gang, eller nær ferdig, med arbeidet.
Post 79 Oppryddingstiltak, kan overførast, kan nyttast under postane 39 og 69
Utgiftene på posten må sjåast i samanhang med midlar til same føremål under postane 39 og 69. Midlane er retta mot resultatområde Forureining. I dei fleste områda som får støtte stammar forureininga frå langt tilbake i tid, og det er vanskeleg å finne den ansvarlege forureinaren. Midlane som staten løyver over dei tre postane 39, 69 og 79 er derfor nødvendige for at oppryddinga av forureiningane skal bli gjennomført.
Mål
Posten skal nyttast til å dekkje utgifter som kommunale og interkommunale selskap/verksemder, private verksemder og privatpersonar har til å undersøkje og til å gjennomføre oppryddingstiltak i grunn på land og i botn i sjø og vatn som er forureina med helse- og miljøskadelege stoff.
Kriterium for måloppnåing
Både for forureina sjøbotn og forureina grunn er bruk av midlane knytt opp mot det nasjonale målet «Forureining skal ikkje skade helse og miljø» og til målet «Utslepp av helse- og miljøfarlege stoff skal stansas.».
Tildelingskriterium
Posten skal nyttast til delfinansiering av oppryddingsprosjekt. Prinsippet om at forureinar betaler ligg til grunn ved vurdering av om det skal givast tilskot. Sjå og omtale under kap. 1420 postene 39 og 69.
Oppfølging og kontroll
Kontroll av bruk av midlar skjer mellom anna gjennom dokumentasjon av framdrift og sluttrapport innsendt av tilskotsmottakar.
Rapport 2014
Det blir her rapportert samla for oppryddingsarbeidet finansiert frå postane 39, 69 og 79.
Arbeidet med opprydding i forureina sjøbotn går framover. Fram til no er undersøkingar gjennomførte i dei fleste av dei prioriterte områda, og i fleire av områda har dei viktigaste oppryddingstiltaka starta. Det er òg gjennomført pilotprosjekt og planlegging av oppryddingstiltak i sjøbotnen i Trondheim hamneområde. Trondheim kommune har i 2014 fått løyve etter forureiningslova og fått tildelt midlar slik at oppryddinga kan starte i 2015. Sjølve oppryddinga i Trondheim er planlagt gjennomført i perioden 2015 til 2016. Planlegging av oppryddingstiltak i sjøbotnen er gjennomført i Puddefjorden i Bergen med sikte på å starte oppryddinga i 2016. Arbeidet held òg fram med opprydding i forureina grunn der det er behov.
Post 81 Verdsarvområde, kulturlandskap og verdiskaping naturarv, kan overførast, kan nyttast under post 21
Posten gir tilskot til tre føremål: Forvaltningstiltak i verdsarvområde (10,5 mill. kroner), tiltak i utvalde kulturlandskap og område prioriterte i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap (7,6 mill. kroner) og verdiskaping basert på naturarven (8,2 mill. kroner). Midlane under posten er retta mot resultatområde Naturmangfald, og nasjonalt mål Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for kommande generasjonar.
På posten er det lagt inn ei prisjustering på 0,7 mill. kroner.
Forvaltningstiltak i verdsarvområde
Mål
Målet med tilskot til forvaltningstiltak i norske verdsarvområde med viktige naturverdiar er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske verdsarvområde.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for tildeling av verdsarvstatus og områda sine forvaltningsplanar.
Tildelingskriterium
Dei aktuelle verdsarvområda er Vegaøyan som vart innskrive på UNESCO si verdsarvliste i 2004, og Vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden som vart ført på lista i 2005. Mottakarar er stiftelsane Vegaøyan Verdsarv, Geirangerfjorden Verdsarv og Nærøyfjorden Verdsarvpark. Posten dekker og tilskot til Foreinaga Noregs verdsarv til gjennomføring av arrangementet Verdsarvforum
Midlane må sjåast i samanheng med midlar til verdsarvområda i Noreg under kap. 1429 post 79 Tilskot til Verdsarven.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2014
Oppfølging av norske verdsarvområde med naturverdiar er organisert gjennom ideelle stiftingar på staden som mottek tilskot til drift og gjennomføring av forvaltningstiltak innanfor rammer sett i forvaltningsplanar og retningslinjer for oppfølging av verdsarvkonvensjonen. Midlane har i 2014 medverka til gjennomføring av tiltak og satsingar på ulike tema for verdsarvforvaltning i verdsarvområda Vegaøyan og Vestnorsk fjordlandskap. Desse omfattar blant anna forvaltningsplanlegging, strategiarbeid, nettverksbygging, lokal involvering og organisering av samarbeid. Det er merksemd på samarbeid og medfinansiering med andre aktørar i gjennomføring av tiltak. I 2014 var det mellom anna svært positive resultat frå skjøtsel av kulturmark og ærfugldrift i Vegaøyan. Forpliktingane knytte til formidling og informasjon om kultur- og naturverdiar er tekne hand om og utvikla vidare gjennom tiltak retta mot barn og unge og besøkande. Initiativ med målsetjing å utvikle betre besøkshandtering, redusert forureining og miljøsertifisering er sette i gang eller førte vidare.
Utvalde kulturlandskap
Mål
Målet med tilskotet er å sikre ei berekraftig forvaltning av norske kulturlandskap med særskilt høge verdiar knytte til naturmangfald og kulturminneverdiar. Dette gjeld Utvalde kulturlandskap i jordbruket og prioriterte område i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing blir vurdert ut frå om forvaltninga er i tråd med kriteria for utpeiking av utvalde kulturlandskap i jordbruket og prioritering av nasjonalt verdifulle kulturlandskap.
Tildelingskriterium
Om lag 6 mill. kroner av kulturlandskapsmidlane skal nyttast i utvalde kulturlandskap i jordbruket. Eit nasjonalt sekretariat leia av Landbruksdirektoratet, saman med Miljødirektoratet og Riksantikvaren, følgjer forvaltninga av områda i samarbeid med fylka. Fylka har ansvaret for administrasjon, tilskotsforvaltning og prioritering av tiltak i samråd med områdeutval i dei enkelte områda. Midlane blir tildelte med grunnlag i godkjende forvaltningsplanar. Om lag 1 mill. kroner frå posten blir nytta til tiltak i område prioriterte i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at mottakarane av tilskot blir følgde opp av Miljødirektoratet for å sjå til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2014
Midlane til utvalde kulturlandskap i jordbruket er ei spleiseordning med landbruket, der årlege løyvingar dei siste åra har vore til saman 14 mill. kroner, 6 mill. kroner over denne posten og 8 mill. kroner over jordbruksavtala.
Midlane til utvalde kulturlandskap blir fordelte på tiltak innafor planlegging/prosess, kulturminne, naturmangfald og landskapsskjøtsel, overvaking/dokumentasjon, formidling og andre tiltak (næringsutvikling, seterdrift, turstiar m.m.). Om lag 5,4 mill. kroner vart nytta til tiltak for å ta vare på miljøverdiar knytte til naturmangfald og landskap i områda i 2014.
Om lag 1,3 mill. kroner vart nytta til støtte til tiltak i 18 område prioriterte i Nasjonal registrering av verdifulle kulturlandskap. Midlane under ordninga medverkar til å hindre attgroing, gjennomføre skjøtsel av biologisk viktige areal og gjennomføre naudsynte tiltak for å ta vare på verdiar knytte til heilskaplege kulturlandskap.
Verdiskaping naturarv
Mål
Målet med ordninga er å medverke til at verneverdiane i verneområda blir haldne opp eller aukar slik at verneområde og andre verdifulle naturområde framleis kan vere ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir vurdert ut frå om tilskotet stimulerer til at verneområda og andre verdifulle naturområde blir del av ei brei verdiskaping der natur, lokalsamfunn og næringsutvikling har ein langsiktig positiv effekt av tiltaka.
Tildelingskriterium
Tilskot kan bli tildelt til tilrettelegging for ferdsel, ulike typar informasjon, naturfagleg kompetanseheving i reiselivsverksemder og til tiltak for å betre samarbeid og kunnskap om verneområde i koplinga mellom naturforvaltning, næring og lokalsamfunn. Tilskotet skal mellom anna gå til implementering av merkevare- og kommunikasjonsstrategien for nasjonalparkar, dvs. blant anna til nasjonalparksenter, nasjonalparklandsbyar og nasjonalparkkommunar. Tilskot blir tildelt konkrete tiltak knytte til verdiskaping som har naturarven som utgangspunkt, og det er krav om minst 50 pst. eigeninnsats.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakeleg i form av fortløpande kontakt mellom Miljødirektoratet og prosjekta som får tilskot og gjennom at Fylkesmannen deltek i dei styrande organa for prosjekta, der det vert fatta avgjerder bl.a. om budsjett, framdrift og økonomisk styring. Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskap.
Rapport 2014
Posten finansierte til og med 2013 verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskapar. Bruken av løyvinga for 2014 og 2015 er basert på dei erfaringane dette programmet gav. Telemarksforskning har evaluert programmet, og leverte sin rapport hausten 2014. Evalueringa viser at ein i hovudsak nådde målet om brei verdiskaping, auka forståing for vern og for at utvikling av lokalsamfunn er mogleg samtidig med vern. Rapporten viser mellom anna at det er etablert 29 nye verksemder, 138 eksisterande verksemder har utvida drifta si og 100 verksemder har fått auka omsetning. I 2014 mottok 10 prosjekt midlar til verdiskaping.
Post 82 Tilskot til truga arter og naturtypar, kan overførast, kan nyttast under post 21
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
82.1 | Tilskotordning – truga arter | 11 877 | 28 388 | 29 211 |
82.2 | Tilskotordning – truga naturtypar | 17 071 | 25 051 | 25 778 |
Sum post 82 | 28 948 | 53 439 | 54 989 |
Posten er oppretta som følgje av naturmangfaldlova og er retta mot resultatområde Naturmangfald. Midlane under posten skal bidra til å nå det nasjonale målet Ingen arter og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga arter og naturtypar skal betrast. Posten er delt i to underpostar, ein for truga arter og ein for truga naturtypar. Underposten for truga arter omfattar mellom anna tilskot til prioriterte arter og deira økologiske funksjonsområde og arter som er klassifiserte som truga på Norsk raudliste for arter 2010. Underposten for truga naturtypar omfattar mellom anna tilskot til utvalde naturtypar og naturtypar som er særskilt verdifulle, til dømes fordi dei inneheld eit stort artsmangfald eller mange truga arter. Tiltak for bevaring av hubro er òg inkludert i posten med fokus på tiltak mot elektrokusjon.
Posten er gitt ei samla prisjustering på 1,6 mill. kroner.
Truga arter, inkludert hubro
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak for å ta vare på truga plante- og dyrearter, under dette arter som er valt ut som prioriterte arter. Ordninga inkluderer òg økologiske funksjonsområde for prioriterte arter.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til truga arter. Måloppnåinga for hubro blir vurdert ut frå talet stolpar/konstruksjonar som er sikra mot skade på hubro, og utvikling i hubrobestanden i desse områda.
Tildelingskriterium
Tilskot kan bli tildelt konkrete tiltak i felt til skjøtsel og vedlikehald, biotopforbetrande tiltak. restaurering, aktiv skjøtsel eller andre typar tiltak som er nødvendige for å ta vare på eller rette opp økologiske funksjonsområde for prioriterte arter, gjerding, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak, informasjon retta lokalt/regionalt, kartlegging knytt til tiltak og tiltak for hindre at hubro dør som følgje av at dei brukar straumstolpar som sitjeplass.
Oppfølging og kontroll
Begge underpostar: Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltak blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2014
I 2014 kom det inn 141 søknadar til tilskotsordninga for prioriterte arter, unnateke hubro (frå og med 2015 er ordninga utvida slik at det kan søkast om tilskot også til andre truga arter). Det vart utbetalt midlar til 117 tiltak, i alt omlag 9 mill. kroner (unnateke hubro). Midlane er gitt til konkrete tiltak, som f. eks. skjøtsel av lokalitetar med svartkurle, raud skogfrue og strandtorn. Vidare er det gitt tilskot til biotopforbetrande tiltak som f. eks. salamanderdammar, og styrking av bestandar av elvemusling og edelkreps, gjerding og informasjon. 6,8 mill. kroner av midlane gjekk til tiltak retta mot artene elvemusling, edelkreps og storsalamander for å styrkje desse artene sine høve til å overleve i lokalitetane.
Tiltaka knytte til hubro er retta mot å unngå at arten døyr som følge av elektrokusjon. Dei ulike nettselskapa nyttar i tillegg eigne midlar, slik at det blir gjennomført ei vurdering av aktuelle linjestrekk der hubroen er utsett. I dei høva selskapa sjølve ikkje finn løysingar som er bra for hubroen, kan det søkjast tilskot til konkrete tiltak. I 2014 vart 14 tiltak finansierte med delvise tilskot for om lag 2,9 mill. kroner. I tillegg nytta nettselskapa om lag 3,9 mill. kroner på dei same strekningane.
Truga naturtypar
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til å gjennomføre tiltak og aktiv skjøtsel av truga naturtypar, under dette naturtypar som har status som utvalte naturtypar.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåinga blir vurdert ut frå talet på tiltak knytt til førekomstar av truga naturtypar.
Tildelingskriterium
Tilskot kan bli tildelt konkrete tiltak i felt til skjøtsel og vedlikehald, restaurering, gjerding, nødvendig utstyr for å gjennomføre tiltak, informasjon retta lokalt/regionalt, kartlegging knytt til tiltak og utvikling av skjøtsels-/tiltaksplan for tiltaket.
Oppfølging og kontroll
Begge underpostar: Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane blir følgde opp i forhold til at midlane blir nytta som føresett og at tiltaka blir gjennomførte. Kontrollen overfor tilskotsmottakar går føre seg gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende rapportar.
Rapport 2014
I 2014 kom det inn 627 søknadar til tilskotsordninga for utvalde naturtypar (frå og med 2015 er ordninga utvida slik at det søkjast om tilskot også til andre truga naturtypar). Alle fylke i landet er no med i arbeidet for oppfølging av handlingsplan for slåttemark, som òg gjeld for lauveng og slåttemyr. Målet i handlingsplanen er at alle A-områda og dei fleste B-områda med slåttemark skal skjøttast innan 2015. Ved utgangen av 2014 var om lag 560 område med svært viktige (A) eller viktige (B) lokalitetar av slåttemark (inkludert lauveng og 11 slåttemyrer) skjøtta med finansiering frå ordninga. For naturtypen slåttemark utgjer dette 33 pst. av A- og B-område registrert i Naturbase i dag. Handlingsplanen skal reviderast i 2016. For lokalitetar av slåttemark er det laga 495 skjøtselsplanar og inngått 417 langsiktige skjøtselsavtaler med grunneigarar. For slåttemyr er det laga 14 skjøtselsplanar og inngått 11 avtalar om skjøtsel. Det er godt dokumentert at både tilbakeføring av slåtteenger under gjengroing, og framhalden hevd på lokalitetar som er i god hevd frå før gir gode resultat med omsyn til å bevare ein god tilstand i naturtypen.
74 område med kystlynghei har fått tilskot til skjøtsel, restaurering, planlegging, informasjon og investeringar i tråd med tilskotsreglane i 2014. Det er utarbeidd skjøtselsplan for 42 lokalitetar, og 33 av lokalitetane som er under oppfølging har skjøtselsavtale. Seks område med haustingsskog har fått tilskot til restaurering, skjøtsel og til informasjon i 2014.
I 2014 blei 26 søknader om tilskot til å ta vare på hole eiker innvilga, og det blei gitt tilskot til skjøtsel av ein lokalitet med kalklindeskog. Det er òg gitt midlar til å føre vidare eit større prosjekt med skjøtsel av ein lokalitet med ålegraseng.
Post 84 Internasjonale avtaler og medlemskap
Tilskotsordninga er primært knytt til resultatområda Naturmangfald, Forureining, men òg til Friluftsliv, Forureining, Klima og Polarområda. Det er lagt inn 3 mill. kroner på posten i prosjektstøtte til Naturpanelets (IPBES) Bonnsekretariatet og ei prisjustering på 0,05 milll. kroner.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å støtte organisasjonane som er nemnde nedanfor i deira internasjonale arbeid for vern av naturmangfald og berekraftig bruk av naturressursar, klima, og å setje Miljødirektoratet og andre delar av miljøforvaltninga i stand til å delta i det faglege internasjonale nettverket desse organisasjonane utgjer.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om Noreg gjennom si støtte til dei internasjonale organisasjonane i rimeleg grad medverkar til at desse kan utføre oppgåvene sine, og at Miljødirektoratet og anna miljøforvaltning får tilgang til arbeidet som skjer i dei.
Tildelingskriterium
Posten skal dekkje utgifter til kontingent i samband med medlemskap i relevante internasjonale organisasjonar, under dette:
Federation of Nature and National Parks of Europe (EUROPARC)
Conseil International de La Chasse (CIC)
International Union for Conservation of Nature (IUCN) (Government Agency member)
Wetlands International (WI)
BirdLife International (BI)
Nordisk kollegium for viltforsking (NKV)
Den norske plantevernorganisasjonen (Planta Europa)
Den europeiske organisasjonen for bevaring av geologiarven (ProGEO)
Working Group on Harmonization of regulatory oversight in Biotechnology (WGHROB) under Biosafety-programmet til OECD
Konvensjon om langtransportert luftforureining, kjerneoppgåver som ikkje blir omfatta av bidraget til EMEP-protokollen
Common Forum on Contaminated Land
The European Union Network for the Implementation and International Transaction Log (IIL)
Enforcement of Environmental Law (IMPEL)
Organization of Economic co-operation and Development(OECD)
Posten skal òg dekkje utgifter knytte til relevante oppfølgingsprosjekt i tilknyting til medlemskapen, slik som i den nordatlantiske organisasjonen for laksevern, North Atlantic Salmon Conservation Organization (NASCO). Kontingenten til NASCO er dekt over kap. 1400 post 71 Internasjonale organisasjonar.
Det skjer ei kontinuerleg vurdering av organisasjonane sine målsetjingar og av tilhøvet deira til sentrale konvensjonar og avtaler og kva nytte Miljødirektoratet har av medlemskapen.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer hovudsakleg i form av deltaking i og bidrag til møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring. Oppfølging av spesielle prosjekt skjer gjennom deltaking i referanse-, arbeids- eller styringsgrupper, ved kontakt med slike grupper, eller ved direkte kontakt med prosjektet.
Kontrollen skjer i hovudsak gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av innsende prosjektrapportar og årsmeldingar, og av revisorstadfesta årsrekneskapar frå organisasjonane. I tillegg deltek Miljødirektoratet på møte i organisasjonane sine styrande organ, der det blir fatta avgjerder bl.a. om budsjett, kontingentar og økonomisk styring.
Rapport 2014
Midlane dekte i 2014 medlemskontingenten i NKV, EUROPARC, IUCN, WI og ProGEO. I tillegg vart det gitt, bidrag til Ramsarkonvensjonen i forbindelse med partsmøtet 2015, og støtte til ProGEOs sekretariat og ProGEO News.
Post 85 Naturinformasjonssenter, kan overførast
Tilskotsordninga på posten er i hovudsak retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Naturinformasjonssentra skal vere spydspissar i kvalitetsformidling av kunnskap om nasjonalparkar, villrein, våtmark, rovdyr, fugl og villaks til lokalbefolkninga og tilreisande, spesielt barn og unge. Posten har fått ei prisjustering på 1,6 mill. kroner.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til drift, utvikling og etablering av naturinformasjonssenter.
Kriterium for måloppnåing
Måloppnåing for sentra blir vurdert på bakgrunn av årlege rapportar der sentra viser at dei fyller autorisasjonskrava.
Tildelingskriterium
Autoriserte nasjonalpark- og naturinformasjonssenter kan søkje om eit årleg grunntilskot til aktivitet knytt til administrasjon, planlegging og gjennomføring av informasjonstiltak, naturrettleiing m.m. Grunntilskotet blei i 2016 auka til 912 320 kroner pr. senter som følgje av prisjustering. Autoriserte senter kan i tillegg søkje om tilskot for å etablere ekstra tilbod for publikum i senter som har stort potensial for stor publikumstilstrøyming og samarbeid med reiselivet. Autoriserte senter kan òg søkje kompetansetilskot til oppgåver som nøytrale kunnskapsformidlarar/kompetansesenter. Både autoriserte senter, andre som arbeider med naturinformasjon (for eksempel museum og stiftelsar) og naturinformasjonssenter som ikkje er autoriserte, kan søkje om tilskot til utstillingar og informasjonstiltak.
Tabell 7.4 Type senter
Tema for senter | (i 1000 kr) |
---|---|
Nasjonalparksenter og forvaltningsknutepunkt | 26 827 |
Villreinsenter | 6 792 |
Våtmarkssenter | 6 431 |
Rovviltsenter | 6 894 |
Klimapark 2469 | 1 131 |
Laksesenter | 5 145 |
Runde Miljøsenter | 2 058 |
Sum | 55 278 |
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer årsmelding, revidert rekneskap, budsjettforslag, plan for verksemda og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Sentra rapporterer tal på besøkande, aktivitetar og naturrettleiing, sal av logoprodukt, resultat frå brukarundersøkingar og eventuelle evalueringar av innhald og aktivitet ved senteret, og på andre forhold som var sentrale for å få tildelt tilskotet. Det blir utført ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. Det blir nytta stikkprøvekontroll, bl.a. ved gjennomsyn av utstillingar og informasjonsmateriell som det er gitt støtte til.
Ein gjer framlegg om ei tilsegnsfullmakt knytt til nasjonalparksenter på 2 mill. kroner, jf. forslag til vedtak VI.
Rapport 2014
Det vart i 2014 gitt grunntilskot til 15 autoriserte nasjonalparksenter. Det vart etter søknad gitt tilskot til fornying av utstillingar og informasjonstiltak, og til opparbeiding og tilrettelegging av forvaltningsknutepunkt. Tre rovviltsenter og fem våtmarkssenter fekk ogtilskot. Det er vidare gitt tilskot til senter for laks, Norsk villreinsenter og til informasjonstiltak gjennom Klimapark 2469 til informasjon om klimaendringar, naturfaglege aspekt og verneverdiar i Jotunheimen nasjonalpark.
Følgjande senter fekk tilskot i 2014: Norsk Villreinsenter, Kunnskapssenter for laks og vassmiljø, Polar Zoo, Namskogan familiepark, Bjørneparken i Flå, Breheimsenteret, Femundsmarka nasjonalparksenter, Folgefonna nasjonalparksenter, Halti nasjonalparksenter, Hardangervidda nasjonalparksenter, Hardangervidda natursenter, iNasjonalparkar, Jostedalsbreen nasjonalparksenter, Lierne nasjonalparksenter, Nordland nasjonalparksenter, Norsk Bremuseum, Norsk Fjellmuseum, Stabbursnes naturhus og museum, Ytre Hvaler nasjonalparksenter, Øvre Pasvik nasjonalparksenter, Balsfjorden våtmarkssenter – Midt-Troms museum, Dokkadelta våtmarkssenter, Runde miljøsenter, Bioforsk – avdeling Svanhovd, Holmen våtmarkssenter, Jæren våtmarkssenter, Nordre Øyeren våtmarkssenter, Trondheimsfjorden våtmarkssenter, Ørland våtmarksseneter, Kvikne nasjonalparksenter og Bunova i Vingelen.
Kap. 4420 Miljødirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
01 | Oppdrag og andre ymse inntekter | 131 | 1 399 | 1 168 |
04 | Gebyr, forureiningsområdet | 41 168 | 34 557 | 37 381 |
06 | Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar | 20 071 | 27 725 | 28 386 |
07 | Gebyr, kvotesystemet | 20 286 | 10 884 | 11 144 |
08 | Gebyr, naturforvaltningsområde | 3 609 | 4 614 | 4 724 |
09 | Internasjonale oppdrag | 51 031 | 6 971 | 62 173 |
Sum kap. 4420 | 136 296 | 86 150 | 144 976 |
Post 01 Oppdrag og andre ymse inntekter
På posten er det budsjettert med enkelte ulike oppdragsinntekter og leigeinntekter som direktoratet har i samband med utleige av nokre kontorlokale og sitt konferansesenter i Oslo. Oppdragsinntektene er hovudsakeleg knytte til tenester som Statens naturoppsyn utfører for andre, mellom anna Statskog. På posten blir òg ført ymse inntekter, som frå sal av rapportar utarbeidde av Miljødirektoratet og enkelte andre produkt. Dei tilsvarande utgiftene er budsjetterte under kap. 1420 post 23 Driftsutgifter.
Posten er redusert med 0,25 mill. kroner som følgje av reduserte oppdragsinntekter til Statens naturoppsyn.
Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 04 Gebyr, forureiningsområdet
I samsvar med prinsippet om at forureinaren skal betale, er det innført gebyr på ulike område innanfor forureiningsområdet. Posten er auka med 2 mill. kroner som følgje av auka inntekter knytt til at gebyrsatsane for behandling av søknadar om eksport og import av avfall vil bli auka for å svare til kostnadane, noko som er i tråd med korleis andre land fastset gebyra for dette arbeidet.
Posten omfattar Miljødirektoratets inntekter frå følgjande ordningar:
gebyr frå utferding av sertifikat under ei sertifiseringsordning for bedrifter og personell som handterer fluorerte klimagassar (forskrift om fluorerte gassar). Ordninga er ein del av EØS-avtala som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom krav til blant anna lekkasjetesting og kvalifikasjonar til teknisk personell. EU vedtok 16. april 2014 ei revidert forordning som utvider sertifiseringsordninga til òg å gjelde personell som handterer kjølebilar og GIS-anlegg.
gebyr for konsesjonsbehandling og kontroll i medhald av forskrift om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta)
gebyr for tilsyn og kontroll med kjemiske stoff og stoffblandingar, i medhald av deklareringsforskrifta.
gebyr for deklarasjon av farleg avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som leverer farleg avfall skal fylle ut eit deklarasjonsskjema med opplysningar om avfallets opphav, innhald og eigenskapar. Det er fastsett eit gebyr for denne deklarasjonen, og gebyret skal dekkje Miljødirektoratets kjøp av tenester ved drift og utvikling av systemet.
gebyr for drift av produsentregister for elektriske og elektroniske produkt (EE-registeret), i medhald av avfallsforskrifta. Alle som importerer og produserer elektriske og elektroniske produkt (EE-produkt) i Noreg pliktar å vere medlem av eit godkjent returselskap. Returselskapa finansierer drifta av EE-registeret gjennom eit gebyr som avheng av deira marknadsdel.
gebyr for eksport og import av avfall, i medhald av avfallsforskrifta. Verksemder som importerer eller eksporterer meldepliktig avfall må ha løyve til dette. Gebyret er basert på Miljødirektoratet sin timebruk og timekostnad til behandling av søknadar om eksport og import av avfall. Tidsbruk og timekostnad er no gjennomgått og departementet foreslår å auke gebyrsatsane slikat dei dekkjer dei reelle kostnadane ved søknadsbehandlinga, noko som er i tråd med korleis andre land fastset gebyra for dette arbeidet.
I tillegg vil det på denne posten kunne komme inntekter frå andre ordningar, som for eksempel gebyr for behandling av søknader om godkjenning av biocidprodukt.
Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 06 Gebyr, fylkesmannsembeta sine miljøvernavdelingar
Posten omfattar inntekter til Fylkesmannen frå gebyr for arbeid med konsesjonsbehandling og kontroll.
Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 07 Gebyr, kvotesystemet
Miljødirektoratet forvaltar kvoteforskrifta. Verksemder som er omfatta av kvoteplikta må ha løyve frå Miljødirektoratet til kvotepliktige utslepp, i tillegg til eit godkjent program for utrekning og måling av utsleppa. Dei kvotepliktige verksemdene sine årlege utsleppsrapportar blir kontrollerte og verifiserte av Miljødirektoratet.
I tråd med føresegnene i kap. 39 i forureiningsforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved utarbeiding av løyve til kvotepliktige utslepp finansierast av gebyr.
I tråd med føresegnene i kap. 9 i kvoteforskrifta skal Miljødirektoratets kostnader ved godkjenning av utsleppsrapportar finansierast av gebyr. Dette er i samsvar med EUs reglar. Miljødirektoratet har òg ansvaret for å drifte det elektroniske kvoteregisteret.
Post 08 Gebyr, naturforvaltningsområde
Inntektene på denne posten skal dekkje utgiftene til den obligatoriske jegerprøven som vart sett i verk frå 1. april 1986, til utgifter i samband med merkjepliktig vilt, og til utgifter ved kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftskonsesjonar.
Kvar jeger som går opp til jegerprøven må betale eit eksamensgebyr. Gebyrinntektene skal dekkje dei tilsvarande utgiftene under kap. 1420 post 23 til å drive eksamensordninga.
Frå 1. januar 2005 vart det etablert merkje- og registreringsplikt for dødt vilt som tilfell Viltfondet, sjå vedlegg (artsliste) til forskrift 18. juni 2004 nr. 913 om handtering av dødt vilt. Dei som vil overta merkjepliktig vilt frå Viltfondet skal betale eit gebyr. Gebyret blir ført vidare på same nivå som i 2015, det vil seie 450 kroner. Innbetalte gebyr blir nytta til drift og vedlikehald av ein sentral database for å ta vare på informasjon om individa. Desse utgiftene blir dekte over kap. 1420 post 23.
Miljødirektoratet tok i 2012 i bruk sin heimel til å krevje refusjon for utgifter det har knytt til kontroll av naturforvaltningsvilkår i vasskraftkonsesjonar. Gebyret er heimla i vassdragsreguleringslova § 12 punkt 19, i vassressurslova § 57-58 og den enkelte konsesjon.
Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Inntektene under posten kjem frå andre statsinstansar og frå internasjonale organisasjoner, og skal finansiere Miljødirektoratets utgifter under kap. 1420 post 23 til internasjonalt miljøsamarbeid og bistandsarbeid, for eksempel institusjonsbygging i samarbeidsland. Posten inneheld ein budsjettteknisk auke på 55 mill. kroner, fordi kostnader og inntekter vil bli ført på Miljødirektoratets budsjettposter i staden for å bli belasta dei andre statsinstansanes budsjettposter direkte ved bruk av belastningsfullmakter, jf. tilsvarande auke under kap. 1420 post 23. Kap. 1420 post 23 Driftsutgifter kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1422 Miljøvennleg skipsfart
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 5 229 | ||
Sum kap. 1422 | 5 229 |
Kap. 1422 er nytt og erstatter kap. 1406 i budsjettet for 2016.
Miljøvennleg skipsfart er eit prioritert innsatsområde i klimapolitikken, og miljø er eit sentralt satsingsområde i regjeringas maritime strategi. Bruk av meir miljøvennleg drivstoff og energieffektive skip er nøkkelfaktorar i å redusere utsleppa frå skipsfarten. Noreg er i dag leiande i utvikling og bruk av blant anna gassdrivne skip og batteridrivne ferjer – eit fortrinn som kan utnyttast og utviklast vidare.
Regjeringa har i den maritime strategien identifisert fleire grep for å medverke til å redusere utsleppa frå skipsfarten. For å utløyse potensialet for utsleppsreduksjonar frå skipsfarten må både styresmakter og næringa investere, og regjeringa vil derfor òg leggje opp til ei styrking av Sjøfartsdirektoratets kompetanse på nye klima- og miljøvennlege løysingar for skipsfarten, med mål om ein effektiv prosess for myndigheitsbehandling av skip som blir bygde med ny klima- og miljøvennleg teknologi.
Rolle og oppgåver for Sjøfartsdirektoratet:
Sjøfartsdirektoratet er underlagt Klima- og miljødepartementet i saker som gjeld forureining og vern om det marine miljøet, og utfører viktig arbeid innanfor dette området. Arbeidet omfattar bl.a. utgreiingsoppgåver, utarbeiding av forskrifter, utferding av sertifikat, flaggstatskontrollar og hamnestatskontrollar. Sjøfartsdirektoratet utfører dessutan betydelege internasjonale oppgåver på miljøområdet retta mot FNs sjøfartsorganisasjon (IMO), EU, Nordsjøsamarbeidet og Det arktiske samarbeidet.
Sjøfartsdirektoratet har som ei av sine hovudmålsetjingar å medverke til at skipsfarten er ei miljøvennleg transportform. Dette inneber at direktoratet skal medverke til at norsk maritim verksemd er minst like miljøeffektiv som alternative transportformer, og har gode tekniske og operasjonelle forhold som førebyggjer miljøskadar. Direktoratet skal òg medverke til god tryggleik mot forureining ved effektivt tilsyn av norske skip og hamnestatskontroll av framande skip.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Posten medverkar til å dekkje lønn til fast og mellombels tilsette og driftsutgifter for Sjøfartsdirektoratet i arbeidet med ein miljøvennleg skipsfart. Reduksjonar i utslepp av SO2, NOX og klimagassar står sentralt i dette arbeidet. Vidare skal det gjennomførast tiltak for å redusere faren for utilsikta introduksjon og spreiing av framande arter i ballastvatn. Posten dekkjer òg midlar knytte til utgreiingar, informasjon, internasjonalt arbeid og formidling relatert til miljøspørsmål.
Rapport 2014
Midlane til Sjøfartsdirektoratet har gått til arbeid med: ballastvatn, Nordsjønettverket, opphogging av skip, forvaltningsplanar, tungolje, polarkoden, utsleppsoversikter og NOx-prosjekt.
Kap. 1423 Radioaktiv forureining i det ytre miljø
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
01 | Drifstutgifter | 14 308 | ||
Sum kap. 1423 | 14 308 |
Kap. 1423 er nytt og erstatter kap. 1408 i budsjettet for 2016.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde Forureining. Statens strålevern si fremste oppgåve er å styrkje forvaltning og rådgivingsverksemd under Klima- og miljødepartementets ansvarsområde. Dette omfattar forvaltning og kartlegging av radioaktivt avfall og avfallsstraumar.
Statens strålevern er Klima- og miljødepartementets direktorat på området radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljøet, og er forureiningsmyndigheit etter forureiningslova på dette området. Verksemder som er omfatta av Strålevernets forvaltningsmyndigheit er blant anna petroleumsverksemd, sjukehus og forsking, avfallsdeponi, forskingsreaktorane på Kjeller og i Halden og noko prosess- og mineralindustri. Strålevernet har ansvar for å støtte og gi råd i oppfølging av departementets beredskapsansvar. Strålevernet har òg ansvar for fagleg utgreiingsverksemd og tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet. Dette blir gjennomført i samarbeid med andre relevante institusjonar og fagmiljø. Strålevernet deltek òg i arbeidet med forvaltningsplanane og leiar arbeidet i radioaktivitetskomiteen til Oslo- og Paris-kommisjonen (OSPAR), i tillegg til å leie ekspertgruppa for radioaktiv forureining under Den blanda norskrussiske miljøvernkommisjonen.
Arbeidet med å medverke til at utslepp av radioaktive stoff blir unngått eller minimert frå dei ulike kjeldene er sentralt, i tillegg til arbeid med miljøutfordringar i nord- og polarområda, vurdering av norsk oppfylling av OSPARs mål, formidling og beredskap. Midlane i 2016 vil mellom anna verte brukte til oppfølging og tilsyn med verksemder som har løyve etter avfallsforskrifta om radioaktive utslepp etter forureiningslova. Vidare skal Strålevernet undersøke om også andre verksemder treng tilsvarande løyve. Det vil òg bli arbeidd med å auke deponikapasitet for radioaktivt avfall, med spesiell fokus på deponiløysingar for alunskifer, og løysingar for det brukte atombrenselet frå forskingsreaktorane.
Det vart i 2015 sett i gang ein ekstra innsats for å sikre god beredskap for behandling av avfall og utslepp i samanheng med ei atomhending. Posten dekkjer utgifter som Statens strålevern har til lønn og godtgjersler for fast og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten utgifter knytte til oppdragsverksemd, ordinære driftsutgifter og utgifter knytte til etaten si samla utgreiings- og rådgivingsverksemd på området radioaktiv forureining i det ytre miljøet.
Rapport 2014
I 2014 har det vore auka fokus på tilsyn. Det har blant anna vore gjennomført intensivert tilsyn ved Institutt for energiteknikk (IFE), to systemrevisjonar og 17 tilsyn. Den første systemrevisjonen omfatta tryggleiksarbeidet i den sentrale leiinga og ved reaktoren i Halden. Funna frå denne aktualiserte ein revisjon også ved reaktoren JEEP II. Det er òg gjennomført tilsyn knytt til petroleumsverksemd og handtering av alunskifer. Strålevernet gav 37 løyve til radioaktiv forureining og handtering av radioaktivt avfall etter forureiningslova. Gjennom deklarasjonsskjema og årsrapportar har Strålevernet fått god oversikt over kjelder til radioaktiv forureining og radioaktivt avfall. Det vert òg arbeidd kontinuerleg med å avdekkje om det finst verksemder, aktivitetar eller produkt som inneheld radioaktivitet, blant anna gjennom informasjonsutveksling med myndigheiter i andre land. Det har vore jobba med etablering av eit nytt deponi som kan ta imot radiaktivt avfall. Det blei arbeidd med å finne løysingar for langsiktig forvaring av brukt brensel frå IFEs reaktorar. Det er sett i gang undersøkingar av det brukte brenselet/radioaktive avfallet for å sikre at den mellombelse lagringa av det brukte brenselet er forsvarleg inntil varig løysing er etablert.
Strålvernet har eit utstrekt samarbeid med Miljødirektoratet og andre styresmakter, og med fleire bransjar og næringar. Det har òg vore arbeidd i ekspertgruppa for undersøkingar av radioaktiv forureining under Den blanda norsk-russiske miljøvernkommisjon.
Kap. 1424 Mareano
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 27 986 | ||
Sum kap. 1424 | 27 986 |
Kap. 1424 er nytt og erstatter kap. 1409 i budsjettet for 2016.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Midlane frå Klima- og miljødepartementet til gjennomføringa av kartleggingsprogrammet for havbotn, MAREANO.
Rapport 2014
MAREANO-programmet prioriterte i 2014 innsamling av djupdata i Barentshavet aust og midtnorsk sokkel i Norskehavet, og innsamling av geologi-, biologi- og kjemidata frå midtnorsk sokkel i Norskehavet, i Barentshavet aust og dei kystnære havområda utanfor Finnmark. Rapportering av resultat skjer gjennom www.mareano.no og Noreg digitalt (www.geonorge.no). Det vart samla inn djupdata frå i alt 27.918 km2, av dette 16.475 km2 i Norskehavet og 11.443 km2 i Barentshavet. Geologisk, biologisk og kjemisk datainnsamling vart gjort frå eit areal på 21.305 km2.
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
01 | Driftsutgifter | 13 835 | 12 788 | 12 824 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 29 440 | 26 041 | 26 152 |
70 | Tilskot til fiskeformål, kan overførast | 9 650 | 11 000 | 11 000 |
71 | Tilskot til viltformål, kan overførast | 23 857 | 27 600 | 30 600 |
Sum kap. 1425 | 76 782 | 77 429 | 80 576 |
Kap. 1425 Vilt- og fisketiltak omfattar utgifter til vilt- og fisketiltak og delar av vilt- og fiskeforvaltninga. Midlane under kap. 1425 er primært retta mot resultatområde Naturmangfald, men involverer òg resultatområde Friluftsliv gjennom tilrettelegging for jakt og fiske.
Utgiftene over kap. 1425 er finansierte ved avgifter på jakt og fiske, som saman med utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01 og kap. 1410 post 50 korresponderer med inntektsløyvingane over kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet, post 71 Jeger- og fellingsavgifter og post 72 Fiskaravgifter.
Samla sett er løyvingane under kap. 1425 auka med 3,1 mill. kroner i høve til 2015. Auken skuldast at det blir teke ut opparbeidd kapital frå Viltfondet ut over dei forventa innbetalte avgiftene, i tillegg til at inntektene knytt til fiskaravgiftene er venta å auke noko.
Både jeger- og fiskaravgiftene blei prisjusterte i 2015. Det same nivået blir ført vidare i 2016.
For nærare utgreiing om avgiftene og forholdet mellom kap. 1410, 1425, 1420, 5578 og inntektene til dei to fonda, viser vi til omtale under kap. 5578.
Lønn og godtgjersler til fast tilsette innan det statlege verksemdsområdet blir ikkje dekte over kap. 1425, men over kap. 1420 Miljødirektoratet og kap. 525 Fylkesmannsembeta.
Bruken av fondsmidlane blir drøfta med representantar for brukarinteressene. Dette må sjåast i samanheng med at arbeidet er basert på driftsplanar, og at dei sentrale ledda i frivillige organisasjonar skal arbeide for å oppnå den same målsetjinga.
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under posten er i hovudsak retta mot resultatområda1 Naturmangfald og 3 Friluftsliv.
Posten dekkjer utgifter til lønn og godtgjersler for dei statlege villreinnemndene og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltninga slik som det nasjonale jegerregisteret i Brønnøysund, utarbeiding av jaktstatistikk, og utgifter til utvikling og drift av betalingstenesta for jeger- og fiskaravgiftene, under dette trykking, porto og informasjonstiltak.
Som del i ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform er posten redusert med 64 000 kroner. Grunna oppspart kapital i Viltfondet har posten likevel ein knapp auke.
Rapport 2014
Løyvinga er brukt til drift av betalingstenesta for fiskaravgift. Løyvingane innanfor viltforvaltinga er nytta til å oppretthalde verksemda i dei statlege villreinnemndene, slik at desse kan behandle den løpande bestandsforvaltinga og vere ein aktør i høve til andre sektorar som nyttar areal i villreinområda. Utover dette er aktivitet knytta til jegerregisteret på om lag same nivå som i 2013. Statistisk Sentralbyrå produserer statistikken over jegerar og jaktutbytte, og medverker på den måten til overvaking av bestandar av vilt og deira utvikling.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlane under posten er retta mot resultatområda 1 Naturmangfald og 3 Friluftsliv.
Posten dekkjer utgifter til faglege prosjekt og oppdrag som blir sikra gjennomførte av direktoratet eller fylkesmenn. Der regionale eller sentrale styresmakter set i verk oppdrag hos andre, eller kjøper tenester der det er krav om ulike leveransar, skal utgiftene posterast på post 21. Dette gjeld mellom anna nasjonale overvakingsprogram, forsking og utgreiing.
Som del i ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform er posten redusert med 130 000 kroner. Grunna oppspart kapital i Viltfondet har posten likevel ein auke på 111 000 kroner.
Rapport 2014.
Løyvinga er nytta til forsking og utgreiing som gir eit betre kunnskapsunderlag for forvalting av både haustbare viltarter, anadrom laksefisk og arter med meir usikre bestandstilhøve.
Post 70 Tilskot til fiskeformål, kan overførast
Tilskotsordninga er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Løyvinga skal gå til å dekkje både lokale og sentrale tiltak.
Mål
Målet med tilskotsordninga er å medverke til å sikre og utvikle bestandar av vill anadrom laksefisk og leggje til rette for og motivere til fiske.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om ordninga bidreg til å nå målsetjingane for anadrom laksefisk. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje bedømmast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.
Tildelingskriterium
Tiltak som kan få tilskot er tiltak knytte til informasjon om og forvaltning av villaks, sjøaure og røye, under dette kultiveringstiltak, driftsplanlegging, praktisk nytta forsking og overvaking. Det kan vidare bli gitt tilskot til tiltak som betrar tilgangen til og moglegheita for fiske for allmenta og tiltak retta mot rekruttering eller stimulering til fiske.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar og rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane.
Rapport 2014
I 2014 har det vore eit sentralt mål å gi tilskot til tiltak i regi av landsdekkjande organisasjonar knytte opp mot informasjon og forvaltning av anadrom laksefisk. Det er òg ytt tilskot til tiltak retta mot rekruttering og stimulering til fiske. Det er vidare gitt tilskot til anvend forsking og overvaking.
Ein stor del av tilskotsposten er disponert av fylkesmennene for å støtte tiltak som informasjon, anvend forsking og overvaking, tilrettelegging og arrangement, kultiveringstiltak og driftsplanlegging. Det er totalt gitt tilskot til 176 lokale tiltak i 2014. Samla har dette medverka til betre forvalting av laks, sjøaure og sjørøye, og ei meir berekraftig hausting av desse fiskeressursane. Tilskota har òg medverka til å styrkje kunnskapsgrunnlaget, til informasjon og formidling av tilstand og utfordringar knytte til anadrom laksefisk, og dei har medverka til å auke interessa for friluftsliv og fiske, særleg blant barn og unge.
Post 71 Tilskot til viltformål, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
71.1 | Hjortevilttiltak | 3 613 | 3 250 | 3 250 |
71.2 | Villreintiltak | 1 706 | 2 850 | 2 850 |
71.3 | Lokale vilttiltak m.v. | 17 088 | 17 000 | 20 000 |
71.4 | Viltovervaking | 1 450 | 4 500 | 4 500 |
Sum post 71 | 23 857 | 27 600 | 30 600 |
Midlane under posten er retta mot resultatområda Naturmangfald og Friluftsliv. Midla er eit bidrag til å nå dei nasjonale måla økosystema skal ha god tilstand og levere økosystemtenester. Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles og område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir teke vare på
Løyvingane til vilttiltak er auka ved at der vert nytta opparbeidd kapital frå Viltfondet.
Mål
Målet for tilskotsordninga er å medverke til at det blir eit haustingsverdig overskot av viltet, og at naturens produktivitet og mangfald blir teke vare på nasjonalt og regionalt.
Kriterium for måloppnåing
Kriterium for måloppnåing er om ordninga gjennom støtte til god forvaltning av viltet på nasjonalt og regionalt nivå medverkar til at det blir eit haustingsverdig overskot og slik at produktivitet og artsmangfald i naturen blir teke vare på. Tiltaka som blir sette i verk skal medverke til å gi eit betre kunnskapsunderlag om arter og bestandar, eller om korleis dei kan haustast på beste vis. Den faktiske effekten av tilskota kan ikkje bedømmast frå år til år, men må vurderast i eit langsiktig perspektiv og i samanheng med andre verkemiddel og årsaksforhold.
Tildelingskriterium
Det blir gitt tilskot til tilrettelegging, organisering og informasjon om jakt og jaktmoglegheiter, kartlegging av viltressursane/viltets leveområde og viltinteresser i kommunar og regionar, innarbeiding av viltets leveområde og viltinteresser i kommunale planar etter plan- og bygningslova, iverksetjing av tiltak der målet er betre bestandsoversikt, oppretting og drift av lokale samarbeidsråd, deltaking i rettshavarar sitt driftsplanarbeid, forskings- og studentoppgåver og andre særleg prioriterte viltformål. Søknader om tilskot til tiltak som inngår som ein del av eit planmessig arbeid blir prioriterte.
Oppfølging og kontroll
Resultatkontroll og oppfølging skjer ved at tilskotsmottakarane leverer sluttrapportar, rekneskap og eventuelt framdriftsrapportar med rekneskap. Det blir gjort ein generell formalia- og sannsynskontroll av rapportane og rekneskapane. I 2012 vart det gjennomført ein forvaltningsrevisjon av Riksrevisjonen for desse ordningane. Dei manglane som vart påpeika der vil bli retta.
Underpost 71.1 Hjortevilttiltak
Underposten skal dekkje tiltak knytte til forvaltning av hjortevilt. Midlar blir nytta i hjorteviltforvaltninga til tiltaksretta undersøkingar, metodeutvikling, tilskot til praktiske tiltak, medverknad til å løyse oppgåver og stimulerings- og informasjonstiltak i regi av organisasjonar m.m.
Underpost 71.2 Villreintiltak
Underposten skal dekkje tiltak i villreinforvaltninga som drift av villreinområda, teljing av bestandar, overvaking, styrking av oppsyn og registrering i villreinområda, og utvikling av driftsplanar. Innbetalte fellingsavgifter skal tilbakeførast til det enkelte villreinområdet, og midlane skal disponerast av villreinnemnda til tiltak.
Underpost 71.3 Lokale vilttiltak m.v.
Midlane skal nyttast til tilskot i form av vilttiltak og prosjekt i regi av regionale og landsomfattande organisasjonar, og lokale vilttiltak og utviklingstiltak som er nødvendige for seinare å kunne setje i verk praktiske tiltak i distrikta. I tillegg er tilskotsmidlane som fylkeskommunane nyttar samla på denne underposten. I samband med regionreforma har fylkeskommunane fått forvaltningsansvaret frå fylkesmannen for enkelte arter. Den einskilde fylkeskommunen gir etter søknad midlar frå posten til praktiske tiltak knytte til desse artene. Ettersom fylkesmannen på same tid forvaltar tilskotsmidlar innanfor sitt forvaltningsområde er det krav om god samordning av bruken av midlane.
Midlane skal òg nyttast til sentrale organisasjonar som utfører oppgåver for viltforvaltninga. Fleire av dei store landsdekkjande organisasjonane utfører eit omfattande frivillig arbeid innan viltforvaltning. Løyvinga på underposten er auka med 3 mill. kroner ved at det er nytta kapital som er opparbeidd i Viltfondet. Auken vil føre til at fylkesmenn og fylkeskommunar kan løyve meir midlar til lokale prosjekt.
Underpost 71.4 Viltovervaking
Midlane blir nytta som tilskot til overvakingsoppgåver som skal sikre ei fortløpande oversikt over bestandsstatus og utvikling av arter og artsgrupper av vilt som ikkje er dekt over underpost 71.1 eller underpost 71.2. Overvakingsprosjekta skal gi eit årleg oppdatert datagrunnlag for å setje i verk både sentrale, regionale og lokale forvaltningstiltak og justering av verkemiddel, og avdekkje kunnskapsbehov.
Rapport 2014
Løyvingane er i 2014 nytta omtrent som tidlegare år. I 2014 vart det levert 878 søknadar om vilttiltak i søknadssenteret. Av desse behandla Miljødirektoratet 163 søknadar, fylkesmennene 375 søknadar og fylkeskommunane 340 søknadar.
Det har vore ytt tilskot til dei fleste aktørar og grupper som arbeider med viltforvaltning. Ordninga har gitt støtte til tiltak i regi av enkeltpersonar, organisasjonar og lag, og medverkar i relevante større prosjekt der andre har hovudfinansieringa. Ordninga er òg nytta til å støtte studentprosjekt, der dette inneber at det blir gjennomført fagleg relevante undersøkingar.
Ordninga medverker til å auke tiltaksvolumet, stimulere ungdom og andre til friluftsliv og uteaktivitet, og gir eit utvida kunnskapsgrunnlag både for økosystem og arter.
Det er eit mål at resultata frå bruken av tilskotsmidlane skal verte tilgjengelege for alle interesserte, og slik auke kunnskapen om og spreiinga av vellykka former for tiltak. Frå 2013 blir dei fleste rapportar frå prosjekt og oppnådde resultat lagt inn i Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Ettersom det er fleire ulike styresmakter og mange tiltakshavarar vil det vere ei stor breidd i type tiltak, og i kva ein kan oppnå på eit enkelt år. Det er for ein stor del dei same som betaler avgift som nyttar høvet til å søke tilskot, eller nyttar resultata. Dette fører til ein god samanheng mellom tiltakstypar og årlege behov for resultat. Det er vidare slik at ressurstilgangen samla sett er vurdert å vere god nok i forhold til dei prioriterte tiltaka. Dei som nyttar tilskotsordningane eller resultata har eigeninteresse i å oppnå dei nasjonal måla, ettersom måloppnåinga er naudsynt for å kunne oppretthalde haustinga, og ha eit tilstrekkeleg godt kunnskapsunderlag for forvaltinga.
Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
71 | Jeger- og fellingsavgifter | 75 200 | 74 982 | 79 168 |
72 | Fiskaravgifter | 15 000 | 15 684 | 14 573 |
Sum kap. 5578 | 90 200 | 90 666 | 93 741 |
I tillegg til å finansiere utgifter under kap. 1425, dekkjer kap. 5578 postane 71 og 72 òg noko av utgiftene til vilt- og fiskeforsking under kap. 1410 post 50 og utgifter til forvaltning av ordninga under kap. 1420 post 01.
Forslaget er basert på venta inntekter frå avgiftene til fonda i 2015 og 2016, jf. omtale under kvart fond nedanfor.
Post 71 Jeger- og fellingsavgifter
Jeger- og fellingsavgiftene som blir innbetalte til Viltfondet er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten. Posten er avkorta med 237 000 kroner som del i ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform.
Totalt er løyvinga likevel auka med 4,2 mill. kroner i høve til 2015. Auken vert finansiert ved å nytte opparbeidd kapital i Viltfondet. Det er venta same nivå på innbetalingane i 2016 som i 2015. Avgiftene blei prisjusterte i 2015 og departementet gjer ikkje framlegg om endring i 2016.
Nærare om Viltfondet
Mål
§ 40 i Viltlova fastset at «den som vil drive jakt og fangst etter denne lov, skal betale jegeravgift etter satser og regler som Kongen fastsetter» og at «for hvert dyr som tillates felt eller felles av elg, hjort og villrein skal det betales en fellingsavgift etter satser og regler som Kongen fastsetter. Kongen kan bestemme at kommunen innenfor nærmere rammer kan fastsette fellingsavgiften for elg og hjort».
Gjennom behandlinga av statsbudsjettet for 1989 fastsette Stortinget følgjande retningslinjer for bruken av midlane i Viltfondet:
Viltfondet skal nyttast til forvaltningstiltak som kjem viltet og allmenta til gode, under dette viltforvaltning i kommunane, lokale, regionale og sentrale vilttiltak, viltforsking, førebyggjande tiltak mot og vederlag for skadar valda av hjortevilt, jegerregister og jegersørvis.
I den årlege fordelinga av midlar mellom formåla som er nemnde over, er det føresett at ca. halvparten av midlane frå jegeravgifta skal gå til vilttiltak i distrikta og at fellingsavgiftene som er knytte til villrein skal nyttast i villreinforvaltninga.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Viltfondet kjem i hovudsak frå jegeravgifter og fellingsavgifter. Ordninga med Viltfondet synleggjer på denne måten at tilretteleggingstiltak for jakt og delar av viltforvaltninga for ein stor del er baserte på brukarfinansiering. I tillegg kjem meir tilfeldige inntekter frå enkelte typar fallvilt.
Kommunane krev inn og disponerer fellingsavgiftene for elg og hjort og fører desse inntektene i kommunale viltfond. Det er fastsett ei statleg rammeforskrift for dei kommunale viltfonda, der inntektene til kommunane frå fellingsavgifter inngår. For dei fellingsavgiftene som blir kravde inn for villrein er det etablert ei tilsvarande ordning, der midlar frå innbetalte avgifter føregåande år blir tilbakeførte til det enkelte villreinområdet.
Jeger- og fellingsavgiftene vart sist endra i 2015. Ein gjer ikkje framlegg om å endre desse for 2016. Satsane for dei ulike avgiftene går fram av tabell 7.5.
For oversikta sin del er inntektene for kommunane i 2016 tekne med, slik at den samla bruken av verkemiddel kan sjåast under eitt. For kommunane er dei oppgitte avgiftene maksimalsatsar.
Tabell 7.5 Framlegg om jeger- og fellingsavgifter i 2016
(tal i heile kroner) | ||||
---|---|---|---|---|
Type avgift: | Storleiken på avgifta i 2016 | Estimert tal på innbetalingar | Venta innbetalt totalbeløp | Inntektsført |
Jegeravgift generelt: | 316 | 195 000 | 61 620 000 | Viltfondet |
Jegeravgiftstillegg hjortevilt: | 84 | 92 000 | 7 728 000 | Viltfondet |
Ekstraavgift ved manglande levering av jaktstatistikk:1 | 195 | 20 000 | 3 900 000 | Viltfondet |
Gebyr ekstra jegeravgiftskort: | 64 | 2 000 | 128 000 | Viltfondet |
Fellingsavgift vaksen rein: | 279 | 5 100 | 1 422 900 | Viltfondet |
Fellingsavgift reinkalv: | 163 | 2 000 | 326 000 | Viltfondet |
Sum statlege avgifter: | 75 124 900 | Viltfondet | ||
Fellingsavgift vaksen elg: | 510 | 23 700 | 12 087 000 | Kommunane |
Fellingsavgift elgkalv: | 300 | 11 200 | 3 360 000 | Kommunane |
Fellingsavgift vaksen hjort: | 390 | 27 100 | 10 569 000 | Kommunane |
Fellingsavgift hjortekalv: | 236 | 9 000 | 2 124 000 | Kommunane |
Sum kommunale avgifter: | 28 140 000 | Kommunane |
1 Innkrevjing skjer etterskotsvis i 2016 for dei som ikkje leverte jaktstatistikk for jaktåret 2014/2015. Talet er vurdert til om lag 20 000.
Inntektene frå avgiftene gjer at det blir budsjettert med ein kapitalstraum i Viltfondet som vist i tabell 7.6
Tabell 7.6 Berekning av kapital i Viltfondet i 2016
(i 1000 kr) | |
---|---|
Saldo pr. 31.12.14: | 7 493 |
Budsjettert innbetalt i 20151: | 75 525 |
Budsjettert refusjon i 2015 (utbetalingar frå fondet): | -74 982 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.15: | 8 036 |
Budsjettert innbetalt i 20162: | 75 525 |
Budsjettert refusjon i 2016 (utbetalingar frå fondet): | -79 168 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.16: | 4 393 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.
2 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter og andre inntekter på 0,4 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Viltfondet blir forvalta av Klima- og miljødepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei stipulerte inntektene for fondet same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og kapitaliserast i fondet, og gi grunnlag for eventuelle større refusjonar kommande år.
Inntektene over kap. 5578 post 71 finansierer utgifter til vilttiltak, viltforvaltning og drift av Jegerregisteret over kap. 1425 postane 01, 21 og 71, kap. 1420 post 01, og forsking på viltressursar over kap. 1410 post 50. I budsjettet for 2016 gjer ein framlegg om at 5,36 mill. kroner blir refunderte til Brønnøysundregistra for drifta av Jegerregisteret. Planlagt bruk av inntektene går fram av tabell 7.7.
Tabell 7.7 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Viltfondet i 2016
(i 1000 kr) | |
---|---|
Formål | |
Drift av villreinnemndene, drift av jegerregisteret, offentleg jaktstatistikk og andre driftsutgifter knytte til viltforvaltning (kap.1425.01): | 12 547 |
Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet | 1 591 |
Prosjekt, FoU, overvakingsprogram, sentrale fallviltutgifter m.v. (kap. 1425.21): | 25 299 |
Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet | 2 852 |
Hjortevilttiltak (kap. 1425.71.1): | 3 250 |
Villreintiltak (kap. 1425.71.2): | 2 850 |
Lokale vilttiltak (kap. 1425.71.3): | 20 000 |
Viltovervaking (kap. 1425.71.4): | 4 500 |
Sum under kap. 1425: | 72 889 |
Viltforsking, NINA (kap.1410.50): | 2 998 |
Tilskotsforvaltning i Miljødirektoratet (kap 1420 post 01): | 3 281 |
Totalsum: | 79 168 |
Spesielt om hjortevilt og fallvilt
Sjølv om kommunane har primæransvaret for forvaltninga av hjortevilt og for alt fallvilt, er det likevel nasjonale oppgåver innan desse felta som må løysast. FoU-tiltak og overvaking av hjortevilt blir dekte av Viltfondet gjennom den differensierte jegeravgifta. Differensieringa inneber at hjorteviltjegerane betaler eit tillegg til jegeravgifta, og på denne måten medverkar til finansieringa av nødvendige nasjonale oppgåver.
Når det gjeld fallvilt, er det behov for å gjennomføre sentrale analysar av individ som blir funne igjen som fallvilt eller avliva av ulike årsaker, spesielt for rovviltartene. Slike analysar må gjennomførast av Miljødirektoratet. Utgiftene til sentrale oppgåver i samband med hjortevilt og fallvilt er derfor budsjetterte under kap. 1425 post 21 Spesielle driftsutgifter. For dei artene der fallviltet har ein salsverdi etter at naudsynte analysar av dyra er gjennomførte, omset Miljødirektoratet skinn og skrottar til inntekt for Viltfondet.
Post 72 Fiskaravgifter
Fiskaravgiftene som blir innbetalte til Statens fiskefond er inntektsførte i statsbudsjettet på denne posten.
Posten er redusert med 1,1 mill. kroner i høve til saldert budsjett 2015. I samband med revidert nasjonalbudsjett 2015(jf. Prop. 119 S og Innst. 360 (2014 – 2015) vart 2015-løyvinga redusert med 1,7 mill. kroner grunna reduserte inntekter frå fiskeravgiftene. I høve til denne løyvinga gjer ein framlegg om å auke løyvinga for 2016 med 0,6 mill. kroner. Dette skuldast forventning om eit lite oppsving i talet på innbetalinger og ein liten auke i inntekter som følgje av endring i ordninga med betaling av fiskaravgift for fiske med fastståande reiskap i sjø.
Nærare om Statens fiskefond
Fiskaravgift til staten skal betalast for fiske i vassdrag med anadrom laksefisk. Det skal òg betalast avgift for fiske med fastståande reiskap i sjøen. Det er innført visse unntak, bl.a. for fiske i medhald av reindriftslovgivinga og til undervisnings- eller behandlingsformål.
Bruken av midlane blir fastsett gjennom statsbudsjettet.
Inntekter og avgiftssatsar
Inntektene til Statens fiskefond kjem frå fiskaravgift på fiske etter anadrom laksefisk. Ordninga med Statens fiskefond synleggjer at tilretteleggingstiltak, og delar av fiskeforvaltninga retta inn mot anadrome fiskearter, for ein stor del er baserte på brukarfinansiering.
Årsavgiftene for fiske etter anadrom laksefisk gjeld frå og med 1. januar til og med 31. desember, og vart sist justerte i 2015. For 2016 gjer regjeringa framlegg om å innføre ei endring i ordninga for betaling av fiskaravgift for fisket med fastståande reiskap i sjø. Noverande ordning med ei fiskaravgift pr. fiskar blir foreslått erstatta med ei avgift pr. reiskap. Fleirtalet fiskar med eitt reiskap, og desse vil med den nye ordninga få ein liten reduksjon i avgifta. For dei som fiskar med fleire reiskapar vil ordninga føre til auka avgift. Frå 2017 ønsker ein å gjere denne ordninga gjeldande for reiskapar også i ferskvatn, unnateke bruk av stang i elv. Årsavgifta for fiske etter anadrom laksefisk i vassdrag i 2016 blir 247 kroner for enkeltpersonar, mens familieavgifta blir 394 kroner. Familieavgifta gjeld for ektefelle/sambuarar med eventuelle barn mellom 18 og 20 år.
Fiske med fastståande reiskap i sjøen med sesongstart før 1. juli blir på 600 kroner pr. reiskap, mens satsen for dei som har fiskestart etter 1. juli blir 350 kroner pr. reiskap.
Inntektene frå avgiftene gjer at det er budsjettert med ein kapitalstraum i Statens fiskefond som vist i tabell 7.8
Tabell 7.8 Berekning av kapital i Statens fiskefond i 2016
(i 1000 kr) | |
---|---|
Saldo pr. 31.12.14: | 1 063 |
Budsjettert innbetalt i 20151: | 14 000 |
Budsjettert refusjon i 2015 (utbetalingar frå fondet): | -14 000 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.15: | 1 063 |
Budsjettert innbetalt i 20161: | 14 500 |
Budsjettert refusjon i 2016 (utbetalingar frå fondet): | -14 573 |
Budsjettert saldo pr. 31.12.16 | 990 |
1 Talet inkluderer stipulerte renteinntekter på 0,1 mill. kroner.
Administrasjon og økonomiforvaltning
Statens fiskefond blir forvalta av Klima- og miljødepartementet ved Miljødirektoratet. Utgiftene over statsbudsjettet skal normalt svare til dei inntektene ein ventar at fondet vil ha same året. Eventuelle overskytande inntekter skal overførast og blir kapitaliserte i fondet.
Inntektene over kap. 5578 post 72 finansierer utgifter til fisketiltak og fiskeforvaltning over kap. 1425 (post 01, 21 og 70) og kap. 1420 (post 01), og forsking på fiskeressursar over kap. 1410 post 50.
Planlagt bruk av inntektene frå fiskaravgiftene går fram av tabell 7.9
Tabell 7.9 Samla ressursbruk finansiert av inntekter til Statens fiskefond i 2016
(i 1000 kr) | |
---|---|
Formål | |
Administrasjon m.v. (kap. 1425.01): | 277 |
Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet | 64 |
Prosjekt, utgreiingar (kap. 1425.21) | 853 |
Meirverdiavgift som er ført under Finansdepartementet | 200 |
Tilskot til fiskeformål (kap. 1425.70): | 11 000 |
Sum under kap. 1425: | 12 394 |
Tilskotsforvaltning i Miljødirektoratet(kap. 1420.01) | 1 196 |
Fiskeforsking, NINA (kap. 1410.50): | 983 |
Totalsum | 14 573 |
Spesielt om lokale tiltak
I fordelinga av fondsmidlane, fråtrekt nødvendige driftsutgifter, er målet at minst 50 pst. av midlane går til tiltak som er initierte lokalt. Andre tiltak som er meinte å gi effekt for eit avgrensa område, eit bestemt vassdrag eller fjordområde, og der lokale aktørar deltek i stor grad, blir rekna som lokale tiltak, sjølv om dei er initierte og administrerte av offentleg forvaltning, organisasjonar eller institusjonar på sentralt nivå.
Programkategori 12.30 Kulturminne og kulturmiljø
Hovudinnhald og prioriteringar
Løyvingane under programkategori 12.30 høyrer i hovudsak inn under resultatområde Kulturminne og kulturmiljø, og omfattar verksemda til Riksantikvaren og Norsk kulturminnefond.
Løyvingane på kulturminneområdet går til å følgje opp intensjonane i St.meld. nr. 16 (2004 – 2005) Leve med kulturminner og Meld. St. 35 (2012 – 2013) Framtid med fotfeste. I sistnemnde melding, som vart behandla av Stortinget i 2013, er både ambisjonsnivået og måla som Stortinget vedtok i 2005 haldne ved lag og førte vidare. Målsetjinga er å ta vare på mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø som bruksressursar og som grunnlag for kunnskap, oppleving og verdiskaping. Det er også eit mål at eit utval av kulturminne og kulturmiljø som dokumenterer geografisk, sosial, etnisk, nærings- og tidsmessig breidde skal ha varig vern ved freding innan 2020. Løyvinga omfattar midlar til å sikre, setje i stand og halde ved like freda og verneverdige kulturminne og kulturmiljø og midlar til å føre vidare arbeidet med verdiskaping knytt til kulturminne og kulturmiljø.
Dei ti bevaringsprogramma er dei viktigaste verkemidla for å nå 2020-måla. Likevel er fleire av bevaringsprogramma prega av eit stort og aukande etterslep. Det vil derfor bli sett i gang eit arbeid i 2016 for å sjå nærare på behov for å endre dei nasjonale måla med verknad frå 2017.
Resultatområde
Tabell 7.10 Resultatområde under programkategori 12.30.
Resultatområdet | Nasjonale mål |
---|---|
Kulturminne og kulturmiljø |
|
Politikk for å nå dei nasjonale måla for kulturminne og kulturmiljø
Regjeringa prioriterer høgt å leggje til rette for vern gjennom bruk. Ei forvalting prega av partnarskap mellom styresmakter, private eigarar og andre aktuelle aktørar, og å sikre gode rammevilkår for verdiskaping, opplevingar og kunnskap med utgangspunkt i kulturhistoriske verdiar er viktig.
Gode fagdatabasar/styringsdata som gir kunnskap om og oversikt over kulturhistoriske verdiar - kor dei er og kva slag tilstand dei er i – er avgjerande for å kunne bruke verkemidel riktig og å setje inn tiltak der dei trengst mest og verkar best. Kunnskapsløftet for kulturminnefeltet er ei prioritert satsing for Riksantikvaren, som skal sikre god tilgang av kulturminnedata på tvers av forvaltningsnivå og for publikum.
Store endringar i busetjingsmønstret med sterk befolkningsvekst i og omkring byane, medfører auka press på areal og bygningar i byane og fører til at areal og bygningar går ut av bruk andre stader. Kulturminne er ein viktig del av regjeringas bymiljøpolitikk. Kunnskapsløftet skal vere med på å gi kommunar eit godt fagleg grunnlag for å planleggje for desse endringane på ein måte der kulturhistoriske verdiar blir tekne vare på og medverkar til ei utvikling med gode og attraktive miljø for busetjing og næringsverksemd.
Innsatsen i dei ti tematiske bevaringsprogramma er avgjerande for at man skal kunne setje i stand og halde ved like kulturminne av høg nasjonal verdi. Bevaringsprogrammet for istandsetjing av freda kulturminne i privat eige er særleg prioritert. I stavkyrkjeprogrammet vart istandsetjinga av våre 28 stavkyrkjer sluttført i 2015. Fortløpande vedlikehald og oppgradering av brannslokkingsanlegg og andre sikringstiltak vil vere prioriterte tiltak framover.
Forvaltinga av dei norske verdsarvområda inneber særlege forpliktingar. Oppfølging av den nyleg etablerte autorisasjonsordninga for verdsarvområdar og etableringa av verdsarvsenter vil bli prioritert.
Kunnskapsløftet
Kunnskapsløftet er ei hovudsatsing for kulturminnefeltet, for å svare på Riksrevisjonens funn frå 2009. Prosjektet varer fram til 2017. Prosjektet har så langt gitt gode resultat, men det gjenstår framleis uløyste oppgåver. Regjeringa er oppteken av at det blir utvikla eit modernisert og digitalisert forvaltnings- og saksbehandlingssystem som sikrar likebehandling, standardisering, forenkling og effektivisering av arbeidsprosessar på tvers av forvaltingsnivåa. Hovudsatsinga i 2016 vil vere å utvikle vidare kulturminneportalen, eit digitalt verktøy som vil gjere det mogleg å gjere informasjon frå forskjellige kjelder tilgjengeleg i same brukarsnitt for regional og lokal forvaltning og eigarar av kulturminne.
Boks 7.2 Kunnskapsløftet
Kunnskapsløftet
Riksantikvarens viktigaste satsing for å effektivisere og modernisere kulturminneforvaltninga er kunnskapsløftet. Delar av prosjektet svarer på digitaliseringsrundskrivets utfordringar: digitalisering av eigne arkiv, vidareutvikling av kulturminnedatabasen Askeladden og etablering av ein kulturminneportal. På alle desse punkta er det gjort eit godt arbeid i 2014/15. Riksantikvaren har etablert eit grunnlag for å hente ut digitaliseringsgevinstar i kulturminneforvaltinga.
Kulturminneportalen
Kulturminneportalen blei etablert i 2015. Det er ein teknisk integrasjonsplattform som gir samla tilgang til dei mest sentrale datakjeldene til Riksantikvaren. Kulturminneportalen tillet søk på tvers og opnar for betre informasjonsflyt mellom systema. Arkiv, foto, kulturminnedatabasen Askeladden og Vitenarkivet er nokre av kjeldene som er omfatta av arbeidet så langt. Løysinga blir teken i bruk av direktoratet hausten 2015. Nyutviklinga vil styrkje avgjerdsgrunnlaget i forvaltinga og medverke til ei meir effektiv saksbehandling gjennom forenkla rutinar. I løpet av hausten 2015 vil fleire kjelder bli tekne inn i løysinga og sikre kvalitet og konsistens i opplysningane. Tidleg i 2016 skal informasjonen kunne delast med regional forvalting og opne data gjerast tilgjengelege for ålmenta. Riksantikvaren har her lagt eit grunnlag som gjer det mogleg å digitalisere og effektivisere forvaltinga ytterlegare i form av nye digitale verktøy og interaksjonsformat.
Bevaringsprogramma
I juni 2013 slutta eit samla storting seg til Meld. St. 35 (2012 – 2013) Framtid med fotfeste der både ambisjonsnivået og måla Stortinget vedtok i 2005 vart haldne ved lag og førte vidare. Etableringa av dei ti bevaringsprogramma i 2006 er den viktigaste satsinga for å nå dei nasjonale måla i 2020. Programma har gitt mange gode resultat, men fleire av programma har likevel store utfordringar. Dette gjeld særleg bevaringsprogrammet for private eigarar av freda bygningar som har stort etterslep. Private eigarar og frivillige gjer ein stor innsats for å ta vare på freda og verneverdige kulturminne. Regjeringa er oppteken av å betre rammevilkåra for dei private eigarane. Regjeringa er òg oppteken av å halde ved like og brannsikre stavkyrkjene og dei tette trehusmiljøa på ein god måte og vil også i 2016 fokusere på dette viktige arbeidet. Som følgje av at fleire av at dei nasjonale måla synest vanskelege å nå innan 2020, vil bevaringsprogramma bli gjennomgåtte og realitetsorienterte for eventuelt å endre dei nasjonale måla med verknad frå 2017.
Handverkskompetanse
Ein viktig premiss for å ta vare på og setje i stand freda og verneverdige kulturminne er tradisjonell handverkskompetanse. Regjeringa er derfor oppteken av å leggje til rette for praktisk etter- og vidareutdanning i tradisjonelt handverk, både ved fagskulane, eit fagskuletilbod i innføring i bygningsvern i samarbeid med Riksantikvaren og ved Høgskulen i Sør-Trøndelag, som starta opp med eit nytt bachelorstudium hausten 2015. Arbeidet blir ført vidare i 2016.
Bygg og Bevar
Prosjektet Bygg og bevar har gått føre seg sidan 2009, og er eit samarbeid med Byggenæringas landsforeining. Nettportalen er ein god arena for samarbeid mellom det offentlege og dei private eigarane av freda og verneverdige bygningar. Portalen gir blant anna informasjon om handverkarar med riktig kompetanse, produkt- og bransjeinformasjon om materiale og restaurering og riktig energirehabilitering utan at kulturhistoriske verdiar går tapt. Nettportalen er eit viktig bidrag for å betre rammevilkåra for dei private eigarane. I samarbeid med Byggenæringas landsforeining vil dette arbeidet bli ført vidare i ein ny programfase over fem år.
Forvalting av automatisk freda arkeologiske kulturminne – ein meir heilskapleg forvaltingsstruktur og betre utnytting av ressursane
Dagens rolle- og ansvarsfordeling for kulturminneforvaltinga er delt på fleire aktørar der fleire departement har ansvar. Forvaltingsmusea og NIKU sine oppgåver innanfor forvalting av automatisk freda arkeologiske kulturminne inneber å gjennomføre av arkeologiske utgravingar og å gi fagleg rådgiving til Riksantikvaren, fylkeskommunane og Sametinget når dei gjer vedtak etter kulturminnelova.
KLD og KD starta i 2015 eit arbeid der dei ser nærare på ein heilskapleg forvaltingsstruktur og ei betre utnytting av ressursane. Dette arbeidet blir ført vidare i 2016.
Boks 7.3 Autorisasjonsordninga
Autorisasjonsordninga for verdsarvsentre.
Klima- og miljødepartementet etablerte i 2015 ei autorisasjonsordning for verdsarvsentre.
Verdsarvsentra skal vere besøkssenter for alle som ønskjer informasjon om verdsarvkonvensjonen og for aktivitetar knytte til det å oppleve verdsarven. Senteret skal gjennom verksemda si medverke til å styrkje den lokale forankringa.
Formålet med autoriseringa er å sikre at sentra oppfyller gitte krav til drifta, mellom anna til kvaliteten på informasjonen, rettleiinga som senteret gir og rettar seg mot relevante målgrupper. Autorisasjonen kvalifiserer senteret til å søkje årlege tilskotsmidlar til drift og utstillingar. Dei tre første verdsarvsentra i Noreg: verdsarvområda Bergkunsten i Alta, Vegaøyan verdsarv og Vestnorsk fjordlandskap (delområde Geirangerfjorden), vart autorisert.
Autorisasjonen gjeld for fem år med høve til å bli ført vidare dersom alle vilkåra er oppfylte. Det stilles krav til finansiering frå lokale eller regionale aktørar eller inntening på anna måte, minimum 40 pst.
Verdsarv
Som oppfølging av Meld. St. 35 (2012 – 2013) og i tråd med forpliktingane i verdsarvkonvensjonen, satser Noreg å etablere eit utval verdsarvsentre med formål å å auke kunnskapen om og å leggje til rette for god informasjon om verdsarven samt å styrkje den lokale forankringa. Klima- og miljødepartementet har medverka med etableringsstøtte til tre sentre som i 2015 var autorisert som verdsarvsentre på grunnlag av ein ny ordning. Departementet vil i 2016 føre vidare satsinga blant anna ved å utvikle ein plan for etablering av verdsarvsenter ved dei resterande verdsarvområda i Noreg. Arbeidet med å etablere og autorisere verdsarvsentra har skjedd i eit forpliktande samarbeid mellom lokale, regionale og statlege styresmakter.
Internasjonalt samarbeid
Noreg fører ein aktiv politikk i å utvikle samarbeidet med internasjonale institusjonar og organisasjonar og på andre arenaer av betyding for forvaltinga av kulturminne. Utfordringane på dette området blir stadig meir internasjonale og verdssamfunnet står blant anna overfor systematiske øydeleggingar av kulturarven som vi tidligare ikkje har sett. Oppfølging av Unesco-konvensjonar på området er høgt prioritert. Haag-konvensjonen av 1954 om vern av kulturverdiar i tilfelle væpna konflikt har fått auka relevans. Verdsarvkonvensjonen er særleg viktig fordi den ser kultur- og natur i samanheng.
Klima- og miljødepartementet har i 2015 ført vidare Noregs internasjonale engasjement under verdsarvkonvensjonen med hovudvekt på kapasitetsbygging. Mogelegheitene for å etablere eit nytt kategori 2-senter med Iccrom og IUCN og dei nordiske landa som samarbeidspartnarar blir greia ut. I 2015 har det vore gjennomført eit pilotprosjekt som grunnlag for eit slikt samarbeid. Dette vil bli ført vidare gjennom ei utvida satsing i 2016 og 2017 som eit programsamarbeid.
Vidare går det føre seg eit arbeid med sikte på å tiltre den andre tilleggsprotokollen til Haag-konvensjonen om vern av kulturverdiar i tilfelle væpna konflikt.
Nærare om budsjettforslaget
Foreslått løyving knytt til programkategorien er i 2016 på om lag 678,4 mill. kroner. Dette er ein auke på 39 mill. kroner netto, samanlikna med saldert budsjett for 2015.
Utgifter under programkategori 12.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 | Pst. endr. 15/16 |
1429 | Riksantikvaren | 571 387 | 563 969 | 601 188 | 6,6 |
1432 | Norsk kulturminnefond | 125 030 | 75 444 | 77 244 | 2,4 |
Sum kategori 12.30 | 696 417 | 639 413 | 678 432 | 6,1 |
Kap. 1429 Riksantikvaren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
01 | Driftsutgifter | 143 058 | 130 024 | 129 708 |
21 | Spesielle driftsutgifter | 81 485 | 67 915 | 40 035 |
22 | Bevaringsoppgåver, kan overførast | 24 500 | ||
50 | Tilskot til samisk kulturminnearbeid | 3 307 | 3 396 | 3 477 |
60 | Kulturminnearbeid i kommunane | 2 000 | 4 000 | 2 116 |
70 | Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast | 31 645 | 29 605 | 30 164 |
71 | Tilskot til freda kulturminne i privat eige, kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast | 107 720 | 119 354 | 122 015 |
72 | Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast | 58 621 | 50 432 | 51 545 |
73 | Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast | 26 348 | 44 997 | 45 952 |
74 | Tilskot til fartøyvern, kan overførast | 60 658 | 60 479 | 101 883 |
75 | Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast | 6 726 | 7 576 | 7 757 |
77 | Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområde, kan overførast | 7 750 | 7 964 | |
79 | Tilskot til verdsarven, kan overførast | 42 069 | 38 227 | 42 036 |
Sum kap. 1429 | 571 387 | 563 969 | 601 188 |
Rolle og oppgåver for Riksantikvaren
Riksantikvaren er direktorat for kulturminneforvalting og Klima- og miljødepartementets rådgivande og utøvande faginstans for forvalting av kulturminne, kulturmiljø og det kulturhistoriske innhaldet i landskapet. Riksantikvaren skal medverke fagleg til departementet sitt arbeid med kulturminneforvaltning. Innsats og verkemiddel er særleg knytte til gjennomføring av dei ti bevaringsprogramma for nasjonalt viktige kulturminne, til prosjektet kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga og til verdiskaping på kulturminneområdet. Riksantikvaren skal i partnarskap med eigarane og næringslivet stimulere til auka verneinnsats og verdiskaping. Direktoratet har òg ein rådgivande funksjon overfor anna offentleg forvalting, ålmenta og næringslivet.
I saker der Riksantikvaren utøvar mynde etter særlov, skal både kulturminnefaglege og andre samfunnsomsyn leggjast til grunn for avgjerdene. Riksantikvaren har ansvaret for å gjennomføre den statlege kulturminnepolitikken, og har i den samanhengen eit overordna kulturminnefagleg ansvar for arbeidet fylkeskommunane, Sametinget, forvaltningsmusea og Sysselmannen på Svalbard utfører som regionale styresmakter for kulturminne. Tilretteleggings- og stimuleringstiltak skal medverke til at kommunane tek omsyn til kulturminne og kulturmiljø som viktige element og ressursar. Riksantikvaren skal formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø, representere norske styresmakter i relevante internasjonale organ og sjå til at folkerettsleg bindande avtaler om kulturminne og kulturmiljø blir etterlevde.
Post 01 Driftsutgifter
Hovuddelen av løyvinga dekkjer lønn og godtgjersler til tilsette, husleige, oppvarming, reinhald, IKT, reiseverksemd, informasjonstiltak og andre driftsutgifter for Riksantikvaren. Posten dekkjer i tillegg kjøp av konsulenttenester til faglege prosjekt og utgreiingar, under dette kostnader knytte til Riksantikvarens drift og oppfølging av elektronisk biletarkiv for miljøforvaltinga. Inntekter knytte til dette blir førte under kap. 4429 post 02 og 09.
Posten dekkjer òg Klima- og Miljødepartementets del av driftsutgiftene til Nasjonalt Pilegrimssenter i Trondheim og fem regionale pilegrimssenter.
Løyvinga på posten kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4429, post 02 og 09, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Rapport 2014
Størsteparten av midlane er lønnskostnader. I perioden frå 2010 til 2014 har talet på faste årsverk vore uendra, mens lønnsbudsjettet har auka med rundt 20 pst. Veksten i lønnsbudsjettet skuldast generell lønnsauke og bruk av mellombels tilsette og ekstrahjelp. I den same tidsperioden har budsjettposten for andre driftsutgifter auka med rundt 5 pst. Dette skuldast blant anna auke i faste lisens- og vedlikehaldsavtaler knytte til utviklinga og drifta av fagsystem, prisstigning og auka driftskostnader i samband med pilegrimssenteret.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Midlar på denne posten blir nytta til kjøp av digitale utviklingstenester, støtte til registreringsarbeid og til å utvikle og etablere kompetansetiltak innanfor prosjektet kunnskapsløftet for kulturminneforvaltinga (2011 – 2017).
Post 21 dekkjer prosjektmidlar til fagleg samarbeid med andre land i samsvar med norske prioriteringar, medlemsutgifter og utgifter knytte til samarbeidsavtaler og utgreiingsarbeid. Midlar til det internasjonale kurset i konservering av tre (ICWCT – International Course on Wood Conservation Technology) blir òg dekte over denne posten. Midlane blir elles nytta til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltningsansvar for.
Riksantikvaren lyser ut forskings- og utviklingsmidlar innanfor denne potten, og bestiller utgreiingar blant anna på klima- og energifeltet.
I samband med oppretting av ein ny post 22 på Riksantikvarens kapittel 1429, vart 24,5 mill. kroner flytta frå post 21 til den nye posten i 2015. Posten er redusert med om lag 27,9 mill. kroner.
Rapport 2014
18,9 mill. kroner av post 21 er nytta i prosjektet Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga i 2014.
Tabell 7.11 Aktivitet i kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga i 2014
Aktivitet | Forbruk (i 1000 kr) |
---|---|
Kulturminneportal | 2 200 |
Lønn, reise- og kompetansemidlar | 2 700 |
Lokale kulturminneregistreringar og arbeid med kulturminneplanar i kommunane | 200 |
Fylkeskommunane sitt arbeid med kompetansemodellar for kommunar i eigen region | 5 000 |
Systematisering og digitalisering av eldre analog dokumentasjon | 4 900 |
Sametingets registreringar av automatisk freda samiske bygningar | 4 000 |
Digitale verktøy og tekniske tilretteleggingar | 2 800 |
Miljøovervaking, verneverdige | 0 |
Sum | 21 800 |
0,1 mill. kroner er nytta i prosjektet Statens kulturhistoriske eigedommar til freding av eigedommar knytte til Landbruks- og matdepartementet, Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Det er òg gjennomført høyring av freding for eigedommar knytte til Kunnskapsdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet.
0,7 mill. kroner er nytta i prosjektet fredingsgjennomgangen.
0,8 mill. kroner er nytta til pilegrimsleia gjennom Nasjonalt pilegrimssenter. Midlane på posten er elles nytta til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester for bygningar som Riksantikvaren sjølv har eit eigar-/forvaltaransvar for.
I 2014 har Riksantikvaren gitt støtte til fleire FOU-prosjekt innanfor to tema: by og verdiskaping. Blant desse prosjekta er utarbeiding av modellar for verdiskaping med grunnlag i kulturarv i by, utarbeiding av metodar for verdifastsetjing og verdivurdering i kulturarv, samisk kulturarv og kulturminne som reiselivsprodukt, etterreformatorisk arkeologi (Christian den IVs by) og kartlegging av område med bevaringsverdig busetnad som er sensitive for endringar i grunnvassforhold.
Post 22 Bevaringsoppgåver, kan overførast
Tunge nasjonale bevaringsoppgåver er det i visse tilfelle verken føremålstenleg eller mogleg å gjennomføre ved å dele ut tilskot til lokale prosjekteigarar. I desse tilfella må Riksantikvaren fungere som prosjekteigar, og prosjekta må gjennomførast med midlar over Riksantikvarens 21-post. Dette gjeld fleire store prosjekt, som Bryggen i Bergen og brannsikring av stavkyrkjer, som er avhengig av fleirårige avtaler med leverandørar. Dette er òg prosjekt som i dei fleste tilfella går over fleire år der det ikkje alltid let seg gjere å anslå det eksakte utbetalingsbehovet kvart enkelt år, og det er derfor behov for å plassere tilhøyrande midlar på ein post der dei kan overførast.
Post 50 Tilskot til samisk kulturminnearbeid
Midlane er stilte til disposisjon for Sametinget, og kjem i tillegg til dei ordinære løyvingane til kulturminneformål frå kap. 1429 post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap.
Mål
Å setje i stand og synleggjere samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane under post 50 er relaterte til dei nasjonale måla:
«Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast» og «Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020».
Kriterium for måloppnåing
Tal på registrerte, freda, samiske kulturminne i privat eige i kulturminnedatabasen Askeladden.
Tal på freda, samiske bygningar i privat eige med ordinært vedlikehaldsnivå.
Opplysningar om tiltak retta mot freda, samiske kulturminne.
Tildelingskriterium
Målgruppa er private eigarar av samiske kulturminne og kulturmiljø. Midlane blir tildelte større vedlikehalds- og restaureringsarbeid, men går òg til skjøtsel, sikring, istandsetjing og formidling, etter søknad til Sametinget.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skal skje overfor tilskotsmottakar gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I spesielle tilfelle kan det vere aktuelt med kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Rapport 2014
Sametinget rapporterer til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
Post 60 Kulturminnearbeid i kommunane
Posten var ny i 2014 og oppretta som eit ledd i ei særskilt satsing på kommunal kulturminnekompetanse, frå andre halvår 2014 til første halvår 2016.
Ved utløp av prosjektperioden skal midlane tilbakeførast til post 21 og arbeidet med kunnskapsløftet. Erfaringane frå prosjektperioden vil bli trekte inn i det vidare arbeidet med å styrkje kommunanes kompetanse.
Rapport 2014
Riksantikvaren har gitt tilskot til ti kommunar i 2014: Eigersund, Flekkefjord, Fredrikstad, Frogn, Kragerø/Risør (fellessøknad), Levanger, Lærdal, Moss, Odda og Steinkjer. Hausten 2014 brukte kommunane til å lyse ut stillingar og tilsetje folk, og pr. 31.12 var det tilsett folk i fem av stillingane.
Post 70 Tilskot til automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne, kan overførast
Posten dekkjer utgifter til arkeologiske undersøkingar ved mindre, private tiltak og når særlege grunnar ligg føre.
Delar av midlane under posten er knytte til bevaringsprogrammet for bergkunst og for utvalde, arkeologiske kulturminne.
Posten dekkjer òg tilskot til arkeologiske museum, sjøfartsmuseum og Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU).
Posten er òg nytta til finnarløn.
0,4 mill. kroner er foreslått flytt frå posten til post 21 og skal nyttast til kjøp av vedlikehalds- og istandsetjingstenester i prosjekt der Riksantikvaren står som tilsegnshavar og gjennomfører prosjekta.
Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål: «Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan2020». Nettsida Miljøstatus.no viser grad av måloppnåing for dei nasjonale måla.
Mål
Medverke til forvaltning av og ivaretaking av kunnskapen om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne.
Kriterium for måloppnåing
Tiltak retta mot sikring, tilrettelegging og dokumentasjon av automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne i bevaringsprogrammet for bergkunst og bevaringsprogrammet for utvalde, arkeologiske kulturminne.
Tiltak retta mot sikring av kunnskap om automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne
Tildelingskriterium
Målgruppa for tilskotet er tredelt:
Ei målgruppe er private tiltakshavarar. Staten dekkjer som hovudregel utgiftene til registreringar og utgravingar av arkeologiske kulturminne i samband med mindre private tiltak og dersom det ligg føre særlege grunnar, jf. kulturminnelova § 10.
Ei anna målgruppe er eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne. Tilskota blir i hovudsak nytta til oppfølging av dei to bevaringsprogramma utvalde arkeologiske kulturminne og kulturmiljø og bergkunst. Midlane blir tildelte etter søknad til Riksantikvaren.
Midlane nyttast og til nødvendig fagleg assistanse til fylkeskommunane og Sametinget i forvaltingssaker. Midlane dekkjer nødvendig fagleg assistanse frå Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU). Midlane skal vidare nyttast til å dekkje utgifter til nødvendige undersøkingar for å sikre det vitskaplege kjeldematerialet og til anna arbeid for å sikre kulturminnet på staden, til hjelp i kulturminnekriminalitetssaker og ved dei arkeologiske forvaltingsmusea. I tillegg skal midlane dekkje saksbehandling og feltundersøkingar ved sjøfartsmusea.
Posten dekkjer òg finnarløn fastsett etter skjønn av Riksantikvaren i medhald av kulturminnelova § 13.
Oppfølging og kontroll
Riksantikvaren skal kontrollere at tiltakshavar oppfyller kriteria for å få tilkjent dekning av utgifter til registreringar og utgravingar. Riksantikvaren overfører midlar til dei arkeologiske forvaltningsmusea og til regional kulturminneforvaltning etter framlegging av rekneskap over forskotterte midlar og etter framlagt sluttfaktura.
Eigarar og forvaltarar av arkeologiske kulturminne leverer sluttrapportar på utført arkeologisk arbeid til Riksantikvaren som kontrollerer at arbeidet er utført i samsvar med dei aktuelle vilkåra. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.
Forvaltningsinstitusjonar rapporterer om bruk av tildelte midlar.
Rapport 2014
I 2014 har 40 prosjekt (131 lokalitetar i Askeladden) som inngår i bevaringsprogrammet for utvalte, arkeologiske kulturminne, motteke tilskot på til saman 4,2 mill. kroner. I dei ulike prosjekta er det utført skjøtsel og tilrettelegging av arkeologiske kulturminne og kulturmiljø over heile landet.
Gjennom bevaringsprogrammet for bergkunst er det i 2014 utført dokumentasjon, skjøtsel, tilrettelegging og sikring av bergkunstlokalitetar over heile landet, og det er gjennomført tiltak og prosjekt innan metodeutvikling og formidling. Det er utført tiltak innan skjøtsel og tilrettelegging på 120 bergkunstlokalitetar. I 2014 ble det gitt tilskot på 7,3 mill. kroner til fylkeskommunar/Sametinget og forvaltingsmusea for tiltak på 124 bergkunstlokalitetar (skjøtsel), inkludert tilskotsmidlar overført frå 2013.
Post 71 Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap, kan overførast
Midlane på posten går i hovudsak til dei to bevaringsprogramma ruinar og freda bygningar i privat eige. Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål: «Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020». Nettsida Miljøstatus.no viser grad av måloppnåing for dei nasjonale måla.
Mål
Freda og andre særleg verdifulle kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap i privat eige skal vere sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.
Kriterium for måloppnåing
Tiltak retta mot freda bygningar og anlegg i privat eige
Tiltak retta mot freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø langs kysten
Tiltak retta mot freda kulturmiljø og andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap
Tildelingskriterium
Ei målgruppe er private eigarar og forvaltarar av bygningar, anlegg, kulturmiljø og landskap som er vedtaksfreda, automatisk freda, mellombels freda eller der fredingssak er under behandling. Tilskot skal dekkje meirutgifter, heilt eller delvis, i samband med antikvarisk sikring, istandsetjing, vedlikehald og skjøtsel av freda kulturminne og kulturmiljø, i samsvar med fredingsføremålet. Følgjande prioriteringar gjeld: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar bygningar og anlegg det finst få av.
Andre målgrupper er private eigarar og forvaltarar av freda eller spesielt verneverdige kulturminne og kulturmiljø som er typiske for liv og verksemd langs kysten. Tilskota blir fordelte på grunnlag av følgjande prioriteringar: tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, mellombels sikring og tiltak som sikrar kulturminne og kulturmiljø som det finst få av. I arbeidet med kystkulturen skal det leggjast til rette for at kulturminne og kulturmiljø kan medverke til å skape attraktive lokalsamfunn.
Siste målgruppe er private eigarar og forvaltarar, i første rekkje knytt til dei ni freda kulturmiljøa, men òg til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap. Tilskota skal primært tildelast tiltak som er forankra i forvaltnings- og skjøtselsplanar.
To mill. kroner er øyremerkte sikring og istandsetjing av samiske bygningar. Midlane vil bli utbetalte av Riksantikvaren etter oppmoding frå Sametinget. Riksantikvaren vil gi nærare føringar for bruken av tilskotet.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til fylkeskommunen/Sametinget som skal sjå til at arbeidet er utført i samsvar med dei vilkåra som er sette. Fylkeskommunen/Sametinget skal rapportere til Riksantikvaren.
Når det gjeld den siste målgruppa og tilskot til dei ni freda kulturmiljøa og til andre særleg verdifulle kulturmiljø og landskap, skal tilskotsmottakaren levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som skal sjå til at arbeida blir utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Fagleg oppfølgingsansvar kan leggjast til fylkeskommunen/Sametinget.
I spesielle tilfelle er det òg aktuelt med kontroll på staden.
Rapport 2014
I 2014 vart det brukt 105,2 mill. kroner i bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. Hovuddelen av posten blei fordelt til fylkeskommunar som vil setje i gang eit utval prioriterte prosjekt. På den måten vil midlane blir meir konsentrerte, slik at fleire prosjekt blir avslutta, og effekten av den offentlege innsatsen blir tydelegare.
Post 72 Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne, kan overførast
Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål: «Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020». Nettsida Miljøstatus.no viser grad av måloppnåing for dei nasjonale måla.
Mål
Dei 15 tekniske og industrielle anlegga i bevaringsprogrammet skal vere sette i stand (normalt vedlikehaldsnivå) innan 2015 eller tre til fem år etter at dei kom med i programmet. Tilskotsordninga er relatert til nasjonalt mål: «Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020».
Målet med bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne er å setje i stand og vedlikehalde dei prioriterte tekniske og industrielle anlegga. Dei ti opphavlege anlegga i bevaringsprogrammet skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan utgangen av 2015, mens dei fem anlegga som er inkluderte i programmet i ettertid skal vere sett i stand i løpet av tre til fem år etter at dei kom med i programmet.
Kriterium for måloppnåing
Anlegget skal vere sett i stand og ha eit normalt vedlikehaldsnivå med minimum tilstandsgrad 2 i eksteriør.
Interiør/maskinpark skal vere sett i stand og ha eit normalt vedlikehaldsnivå der dette er vurdert som ein del av anlegget sitt omfang.
Det skal liggje føre ein verksemdsplan med kostnadsberekning for det omfanget av anlegget som det er semje om.
Tildelingskriterium
Midlane på posten skal primært gå til sikring, vedlikehald og istandsetjing av anlegga i bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne og blir primært brukte til sikring, vedlikehald og istandsetjing av anlegga. Det kan òg bli løyvd midlar til andre anlegg som representerer og dokumenterer Noregs tekniske og industrielle historie.
Målgruppa er i hovudsak private eigarar og forvaltarar. Tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og tiltak for å fullføre pågåande arbeid med å setje i stand anlegga, skal prioriterast ved tildeling av tilskot. Det kan òg ytast tilskot til vedlikehald. Det skal leggjast vekt på at kulturminna skal kunne gi grunnlag for verdiskaping gjennom ny bruk.
Ved fordeling av tilskot vurderer Riksantikvaren fleire forhold:
Om anlegget inngår i Riksantikvarens bevaringsprogram for tekniske og industrielle kulturminne
Anlegget sin autentisitet og representativitet for norsk teknologisk- og industriell historie
Anlegget sitt behov for tiltak som stansar eller hindrar ytterlegare forfall
Anlegget sitt behov og fysiske tilstand
Geografisk fordeling av midlar
Prosjektet si praktiske og økonomiske gjennomføring, framdriftsplan, anna finansiering og eigaren sin eigeninnsats
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakaren skal levere sluttrapportar på utført arbeid til Riksantikvaren som ser til at arbeida er utførte i samsvar med dei aktuelle vilkåra. Kontrollen av tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. Oppfølging på staden er særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført etter antikvariske retningslinjer.
Rapport 2014
I 2014 omfatta bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne 14 prioriterte anlegg.
I 2014 vart det brukt 31,7 mill. kroner i bevaringsprogrammet tekniske og industrielle kulturminne.
I 2014 vart også den pålagte sikringa av Odda smelteverk prioritert for tilskot med mål å sikre fullføring. I tillegg vart andre prosjekt knytte til grunnlovsjubileet prioritert for tilskot, blant anna istandsetjinga av Rørbua i Kirkenes.
Tilskotsfordelinga til bevaringsprogrammet har fram til i dag hatt ein positiv effekt for å nå målsetjinga om normalt vedlikehaldsnivå, og ni av dei 15 anlegga hadde status som ferdigstilte ved utgangen av 2014. Definisjonen «ferdigstilt» skal likevel ikkje likestillast eller forvekslast med sluttført. Tekniske og industrielle anlegg vil etter at dei har oppnådd normalt vedlikehaldsnivå også ha behov for tilskot for å dekkje vedlikehald og eventuelle skadar.
For å sikre framdrift i måloppnåinga har Riksantikvaren i 2014 ført vidare arbeidet med å definere omfanget til kvart enkelt anlegg. Føremålet er at kvart anlegg skal utarbeide ein verksemdsplan med kostnadsberekning for vidare å kunne utarbeide indikatorar for måloppnåing. Arbeidet med å definere eit omfang av anlegga blir sluttført hausten 2015. I 2014 førte Riksantikvaren vidare Industrianleggas Fellesråd, og eit nytt fagseminar er under planlegging i Tyssedal hausten 2015.
Tabell 7.12 Tilskot til dei 14 prioriterte tekniske og industrielle kulturminna i 2014
(i 1000 kr) | |||
---|---|---|---|
Anlegg i bevaringsprogrammet | Istandsetjing | Forvalting, drift og vedlikehald | Tilskot |
Fetsund lenser, Fetsund | 2 798 | 2 932 | 5 730 |
Sjølingsstad Uldvarefabrikk, Lindesnes | 900 | 2 113 | 3 012 |
Klevfoss Cellulose- & papirfabrikk, Løten | 1 293 | 1 293 | |
Næs Jernverksmuseum, Tvedestrand | 1 388 | 1 388 | |
Norsk Vasskraft- og industristadmuseum, Tyssedal | 2 049 | 2 049 | |
Norsk Fiskeindustrimuseum/Neptun sildoljefabrikk, Melbu | 2 160 | 5 160 | |
Spillum Dampsag & Høvleri, Namsos | 2 206 | 2 206 | |
Norsk Trikotasjemuseum og Tekstilsenter, Salhus/Bergen | 1 500 | 1 500 | |
Folldal Gruver, Folldal | 2 009 | 2 060 | 4 069 |
Kistefos-museet, Jevnaker | 1 000 | 1 427 | 2 427 |
Rjukan-banen, Rjukan | 1 591 | 1 984 | 3 575 |
Haldenkanalen | 5 330 | 1 648 | 6 978 |
Atlungstad Brenneri | 1 421 | 1 668 | 3 089 |
Odda smelteverk | 10 919 | 444 | 11 363 |
Sum anlegg i bevaringsprogrammet | 50 839 | ||
Andre anlegg | |||
Kalkovenen Bærum | 3 500 | ||
Bredalsholmen dokk | 3 707 | ||
Bye-slippen Vardø | 500 | ||
Hagevik Tønnefabrikk | 75 | ||
Sum andre anlegg | 7 782 | ||
Total | 58 621 |
Post 73 Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen og brannsikring, kan overførast
Tilskotsordninga er knytt til dei fire bevaringsprogramma: stavkyrkjer, ruinar, freda bygningar i privat eige, brannsikring av tette trehusmiljø og stavkyrkjer.
Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål: «Eit prioritert utval automatisk freda og andre arkeologiske kulturminne skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan2020» og «Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020». Nettsida Miljøstatus.no viser grad av måloppnåing for dei nasjonale måla.
Mål
Dei 28 stavkyrkjene blei ferdigstilt i 2015 slik at dei no har oppnådd eit ordinært vedlikehaldsnivå. I 2016 vil fortløpande vedlikehald, brannsikring og andre sikringstiltak bli prioriterte. Prioriterte ruinar og profane bygningar frå mellomalderen skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020. Branntilløp og brann i stavkyrkjer, og brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø, skal unngåast.
Kriterium for måloppnåing
Tiltak retta mot stavkyrkjer, profane bygningar og prioriterte ruinar frå mellomalderen, og opplysningar om tilstandane til desse kulturminna.
Brannsikringstiltak i tette trehusmiljø og stavkyrkjer.
Eventuell brann eller branntilløp i stavkyrkjer og om tilfelle av brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø.
Tildelingskriterium
Målgruppa er eigarar og forvaltarar av automatisk freda bygningar og anlegg frå mellomalderen og eigarar av utvalde tette trehusmiljø. Midlane skal gå til vern, sikring og beredskapsarbeid. Dette inkluderer brannsikringstiltak, istandsetjing av stavkyrkjene og sikring og konservering av verdifull kyrkjekunst i desse kyrkjene. Det skal òg ytast tilskot til sikrings- og restaureringstiltak på mellomalderbygningar og mellomalderruinar. Det blir lagt vekt på prosjekt som har overføringsverdi når det gjeld brannsikring av andre verdifulle kulturminne og kulturmiljø.
Istandsetjingstiltak skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. Riksantikvaren kan sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak på særleg viktige prosjekt.
I medhald av St.meld. nr. 26 (2006 – 2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand skal 45 av ruinane, inkludert dei 12 – 15 største anlegga, takast vare på. Vidare skal ruinar som engasjerer lokalmiljøet prioriterast.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar må levere sluttrapport på utført arbeid til Riksantikvaren. Rapporten må òg innehalde ein økonomisk rapport. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrav blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollerer at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Kontroll på staden er òg aktuelt.
Rapport 2014
Det er brukt 12, 3 mill. kroner til bevaringsprogrammet for ruinar (ruinprosjektet) i 2014. Då er det utført arbeid på 18 anlegg. I tillegg til konservering, blir det arbeidd med forskings- og utviklingsoppgåver, skjøtsel, informasjon, formidling og kompetanseutvikling, skjøtsel av murane og området omkring, skilting og tilrettelegging.
Det er utført dokumentasjon og forsking med vekt på å gjenfinne og stadfeste ruinar over og under bakken, og på å lokalisere steinbrot. Her kan nemnast undersøkingar med georadar på Ytre Giske ruin i Møre og Romsdal, og undersøkingar av steinbrot ved Selje kloster og Reinskloster.
Innan informasjon og formidling kan nemnast filmen Stein på stein – ein digital rekonstruksjon av Bergens steinbygningar i mellomalderen og kurs for murarar.
I bevaringsprogrammet for stavkyrkjer er det brukt 13,9 mill. kroner i 2014. Av dette gjekk 1,5 mill. kroner til konservering av kyrkjekunst og dekor. 26 av 28 kyrkjer er no ferdig sette i stand. Dei to siste blir ferdigstilte i 2015.
I 2014 vart blant anna Høyjord og Ringebu stavkyrkjer ferdigstilte, mens arbeidet med Holtålen er sett i gang. Røldal er den einaste stavkyrkja der det ikkje er sett i gang arbeid. I 2014 vart det gjennomført evalueringar på allereie utførte konserveringsarbeid. Vidare er det blitt utarbeidd vedlikehaldsplanar for fleire av dei ferdigstilte kyrkjene, og ein er i gang med sluttrapportar for fleire kyrkjer.
Tilskot til hus frå mellomalderen blir òg henta frå denne posten. Istandsetjing av desse inngår i bevaringsprogrammet for freda bygningar i privat eige. I 2013 vart det brukt to mill. kroner til omfattande restaureringsarbeid ved ei mellomalderstove i Numedal og til mindre arbeid ved seks andre tømmerhus frå mellomalderen. Arbeida spenner frå større utbetringar av lafteverk til tradisjonell taktekking og refundamentering.
Post 74 Tilskot til fartøyvern, kan overførast
Midlane på posten går til bevaringsprogrammet for fartøy.
Målet med tilskotsordninga er å sikre og setje i stand freda fartøy og eit utval av fartøy der det er inngått avtale med eigarane om vern.
For å møte den krevjande situasjonen innanfor verfts- og verkstadindustrien foreslår Regjeringa ei eittårig styrking av løyvinga til fartøyvern med 40 mill. kroner. Når det gjeld geografisk tilhøyring har dei aktuelle fartøya ei god spreiing. Ein tiltakspakke innanfor fartøyvern vil vere eit bidrag til økt aktivitet i verftsnæringa.
Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål: «Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020». Nettsida Miljøstatus.no viser grad av måloppnåing for dei nasjonale måla.
Kriterium for måloppnåing
Talet på freda og verna fartøy som er sette i stand.
Opplysningar om restaurerings- og istandsetjingstiltak på verna og freda fartøy.
Tildelingskriterium
Målgruppa er eigarar og forvaltarar av freda fartøy og fartøy der det er inngått avtaler med eigarar om vern. Riksantikvaren fordeler midlane etter søknad til konkrete restaurerings- og istandsetjingsarbeid. I tillegg kan Riksantikvaren sjølv prioritere og initiere oppgåver og tiltak innanfor særlege satsingsfelt. Eit grunntilskot til Norsk Forening for Fartøyvern blir utbetalt over denne posten etter søknad frå foreininga.
Tilskot til viktige sikrings- og restaureringstiltak vil bli tildelte etter følgjande prioriteringar: allmenn interesse, offentleg tilgang, økonomisk gjennomføringsvilje og -evne, potensial for lokalt engasjement og særlege opplevings- og formidlingsverdiar knytte til fartøyet. I tilegg skal tiltak som stansar og hindrar ytterlegare forfall, og fartøy som det finst få av, prioriterast. Tiltaka skal gjennomførast etter antikvariske retningslinjer og i samsvar med eventuelle andre retningslinjer frå Riksantikvaren. For å sikre ei kostnadseffektiv gjennomføring av omfattande og kompliserte istandsetjingstiltak, skal tiltaka planleggjast og prioriterast i startfasen.
Oppfølging og kontroll
Tilskotsmottakar leverer sluttrapport på utført arbeid. Rapporten skal også omfatte ein økonomisk rapport til Riksantikvaren. Meir detaljert informasjon om rapporteringskrava blir gitt i dei enkelte tilskotsbreva. Riksantikvaren kontrollerer at arbeida blir utførte i samsvar med dei vilkåra som er sette. Oppfølging på staden er særleg aktuelt og viktig for å sikre at arbeidet vert utført etter antikvariske retningslinjer.
Rapport 2014
Riksantikvaren gir økonomiske bidrag til antikvarisk istandsetjing og vedlikehald av freda og verna fartøy gjennom bevaringsprogrammet for fartøy. I 2014 vart 51,7 mill. kroner gitt i tilskot, i hovudsak til freda fartøy, igangverande prosjekt, større fartøy som sto i fare for å miste sertifikata utan utbetringar og fartøy som fekk høve til å komme av slipp og/eller ut av dokk. Tilskota utgjer 35 prosent av den totale søknadssummen.
1,7 mill. av post 74 gikk som grunnstøtte til Norsk Foreining for Fartøyvern.
Post 75 Tilskot til fartøyvernsenter, kan overførast
Midlane under posten er knytte til bevaringsprogrammet for fartøy og til nasjonalt mål: «Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan2020». Nettsida Miljøstatus.no viser grad av måloppnåing for dei nasjonale måla.
Mål
Medverke til at dei tre utvalde fartøyvernsentra kan ha ein funksjon som kompetansesenter for restaurering og vedlikehald av freda og verna fartøy, jf. nasjonalt mål: «Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020». Dei tre nemnde, nasjonale fartøyvernsentra er eit verkemiddel og ei form for garanti for staten for at kunnskap knytt til eldre handverksmetodar, «handlingsboren kunnskap», blir bevart i så stor grad som mogleg. Kriterium for måloppnåing
Talet på publiserte faktaark
Talet på utførte dokumentasjonsoppdrag
Opplysing om investering i eige anlegg
Opplysing om aktivitet knytt til naudhamnfunksjon
Tildelingskriterium
Målgruppa er Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum i Gratangen, Hardanger Fartøyvernsenter i Norheimsund og Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter ved Kristiansand.
Tilskota til fartøyvernsentra i 2016 skal i første rekkje medverke til å finansiere stillingar knytte til dokumentasjonsarbeid i samband med istandsetjingsarbeid på fartøy som Riksantikvaren gir tilskot til. Tilskot til dokumentasjon skal dekkje alt dokumentasjonsarbeid ut over det som normalt inngår som ein del av det vanlege verftsarbeidet.
Vidare kan midlane nyttast til generell rådgjeving, opplæring og kompetansebygging ved senteret og overfor eksterne fartøyeigarar. Ein mindre del av tilskota kan òg nyttast til investeringar i anlegget.
Oppfølging og kontroll
For å sikre at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet, skal Riksantikvaren sjå til at mottakar av tilskota leverer sluttrapportar etter at arbeidet er utført. Oppfølging på staden og i kvartalsvise samarbeidsfora med dei tre fartøyvernsentra er viktig. Kontrollen i høve tilskotsmottakarar skjer gjennom møter, generell formalia- og sannsynskontroll av revidert årsrekneskap og årsmelding frå fartøyvernsentra.
Rapport 2014
I 2014 er 6,7 mill. kroner over post 75 fordelt til dei tre fartøyvernsentra Nordnorsk Fartøyvernsenter og Båtmuseum på Gratangen (2,5 mill. kroner), Hardanger fartøyvernsenter i Nordheimsund (2,5 mill. kroner) og Bredalsholmen Dokk og farøyvernsenter 1,7 mill. kroner).
Det historiske verftsanlegget ved Bredalsholmen fekk i 2014 status som eit av de nasjonale industriminna. Tilskotsøkonomien til dette fartøyvernsenteret går derfor ikkje fram av post 75 åleine.
Tilskota har finansiert stillingar knytte til dokumentasjonsarbeid i samband med istandsetjing av fartøy som Riksantikvaren gir tilskot til. Tilskota har vidare medverka til generell rådgiving, opplæring og kompetansebygging ved sentra og overfor fartøyeigarar.
Fartøyvernsentra har i tillegg motteke oppdrag, mellom anna i utvikling av kurs, i planlegging av praktisk vedlikehald og antikvarisk arbeid. I tillegg til dette utarbeiding av mal for dokumentasjon og tilstandsvurdering og drifts- og vedlikehaldsoppfølging.
Riksantikvaren planlegg ei evaluering av fartøyvernsentra i 2016.
Post 77 Tilskot til verdiskapingsarbeid på kulturminneområdet, kan overførast
Regjeringa vil prioritere breie verkemiddel framfor næringsspesifikke program. Regjeringa foreslår derfor å avvikle tilskotet til verdiskapingsarbeidet på kulturminnefeltet. Prosjekt som har behov for støtte til næringsutvikling, kan søke pengar frå generelle program under Innovasjon Norge. Dei mange positive erfaringane vil bli vidareført gjennom det løpande arbeidet med å forvalte kulturminne og gjennom målsetjinga om vern gjennom bruk.
Rapport 2014
Det er brukt 7,7 mill. kroner til verdiskapingsarbeid over post 77 til prosjekt som dekkjer eit vidt spekter av kulturminne, mellom anna veganlegg, industrianlegg, historiske bymiljø, kystkultur, krigsminne, landbruksmiljø og landskap.
Tilskot frå post 77 utgjer om lag ein tredel av dei totale prosjektbudsjetta. Fylkeskommunane og Sametinget har òg gitt tilskot tilsvarande ein tredel, mens den siste tredelen er eit spleiselag mellom andre offentlege midlar og private _tilskot.
Tabell 7.13 Tilskot til verdiskaping i 2014
Tiltak/område | Tilskot (i 1000 kr) |
---|---|
Pilgrimsleia | 1 606 |
Kultur- og naturreise | 1 000 |
Andre verdiskapingsprosjekt1 | 5 141 |
Sum | 7 747 |
1 Andre verdiskapingsprosjekt omfattar 20 prosjekt
Post 79 Tilskot til verdsarven, kan overførast
Mål
Områda på Unescos verdsarvliste i Noreg skal forvaltast i tråd med forpliktingane i Unescos verdsarvkonvensjon og retningslinjene for oppfølging av konvensjonen.
Kriterium for måloppnåing
Tiltak retta mot verdsarvområdar i Noreg.
Tildelingskriterium
Målgruppa er områdane i Noreg som står på eller er under nominasjon til Unescos verdsarvliste. Det gjeld åtte stader og ein nominasjon som ikkje er sluttbehandla. I spesielle tilfelle kan midlane nyttast til tiltak som indirekte medverkar til sikring av desse områda.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer gjennom møte og fagsamlingar gjennomførte i samsvar med avtalt arbeidsprogram. Kontrollen overfor tilskotsmottakaren skjer gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og innsende rapportar. I spesielle tilfelle er det òg aktuelt at Riksantikvaren eller fylkeskommunen/Sametinget utfører kontroll på staden for å sjå til at tiltak er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Rapport 2014
I 2014 vart det brukt 58,6 mill. kroner på arbeid med verdsarven.
Tabell 7.14 Tilskot til verdensarvområda i 2014
Verdsarvområda | Tilskot (i 1000 kr) |
---|---|
Bryggen i Bergen | 11 700 |
Røros bergstad og Circumferensen | 14 300 |
Bergkunsten i Alta | 4 300 |
Vegaøyan | 2 000 |
Vestnorsk fjordlandskap | 2 600 |
Urnes stavkyrkje, omgivnader | 300 |
Struves meridianboge | |
Anna | 14 700 |
Sum | 49 9001 |
1 I tillegg er det nytta midlar til grunnvannsprosjektet i Bergen.
Kap. 4429 Riksantikvaren
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
02 | Refusjonar og ymse inntekter | 3 938 | 4 148 | 4 268 |
09 | Internasjonale oppdrag | 1 254 | 1 175 | 1 209 |
15 | Refusjoner vedr. arbeidsmarkedstiltak | 27 | ||
16 | Refusjon av fødsel- og adopsjonspengar | 1 454 | ||
17 | Refusjon av lærlingar | 469 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 1 693 | ||
Sum kap. 4429 | 8 835 | 5 323 | 5 477 |
Post 02 Refusjonar og diverse inntekter
Posten gjeld refusjonar og innbetalte midlar frå oppdragsverksemd for andre institusjonar m.m., jf. omtale under kap. 1429 post 01. Under posten er det budsjettert inntekter ved sal av Riksantikvarens rapportar og andre produkt, og inntekter frå Det nasjonale pilegrimssenteret og driftsvederlag frå Kongsvoll fjellstove. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 09 Internasjonale oppdrag
Midlane på posten skal finansiere dei tilsvarande utgiftene til internasjonale oppdrag. Meirinntekter under posten gir grunnlag for meirutgifter under kap. 1429 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1432 Norsk kulturminnefond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
50 | Til disposisjon for kulturminnetiltak | 125 030 | 75 444 | 77 244 |
Sum kap. 1432 | 125 030 | 75 444 | 77 244 |
Post 50 Til disposisjon for kulturminnetiltak
Norsk kulturminnefond er eit forvaltningsorgan med særskilte fullmakter. Midlane skal nyttast til kulturminnetiltak og til drift av administrasjonen og styret.
Kulturminnefondet har i hovudsak ansvaret for verneverdige kulturminne og kulturmiljø.
Posten er auka med om lag 1,9 mill. kroner. Endringa består i hovudsak av priskompensasjon.
Mål
Medverke til å styrkje arbeidet med å bevare verneverdige kulturminne og kulturmiljø og til at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø kan nyttast som grunnlag for framtidig oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping. Midlane under posten er relaterte til nasjonalt mål: «Tapet av verneverdige kulturminne skal minimerast. Innan 2020 skal det liggje føre oversikter over verneverdige kulturminne og kulturmiljø for kvar kommune som grunnlag for å prioritere eit utval som skal takast vare på.»
Den gjennomførte brukarundersøkinga i 2014 viser at 83 prosent av alle søkjarane er tilfredse med kontakten med kulturminnefondet, og meiner den faglege oppfølginga av prosjekta som kulturminnefondet tilbyr er svært viktig. Fire av fem prosjekt som har fått tilsegn om midlar ville ikkje vorte realisert utan støtta frå fondet. Ein kan etter dette grovt sett rekna med at 2000 prosjekt over heile landet neppe hadde blitt sette i stand utan støtta frå kulturminnefondet.
Når vi går inn og ser på kor mykje private midlar dei statlege insentiva frå fondet løyser ut, kjem det fram at i eit gjennomsnittleg prosjekt kjem 28 prosent av midlane frå staten gjennom kulturminnefondet. 72 prosent av det som skal til for å setje objektet i stand, kjem frå eigaren sjølv i form av eigne midlar eller eigen innsats på prosjektet.
Kriterium for måloppnåing
Opplysningar om tiltak retta mot verneverdige og freda kulturminne og kulturmiljø.
Tildelingskriterium
Tilskotsmidlane blir fordelte av kulturminnefondets styre etter søknad. Kulturminnefondet skal vere eit lågterskeltilbod til private eigarar av verneverdige kulturminne og kulturmiljø. Tilskota blir i hovudsak tildelte istandsetjings- og sikringsprosjekt. Tilskot til prosjekt som fremjar verdiskaping, handverk, næringsverksemd og aktivitet i lokalsamfunnet er prioriterte. Dette gjelder òg prosjekt som gir synergieffektar, og som løyser ut private midlar eller betydeleg eigeninnsats. Samarbeid med eigarane av kulturminne og kulturmiljø er den viktigaste strategien for kulturminnefondets arbeid.
Oppfølging og kontroll
Oppfølging skjer overfor tilskotsmottakar gjennom generell formalia- og sannsynskontroll av rekneskap og sluttrapport frå tilskotsmottakaren. I mange tilfelle er det aktuelt med kontroll på staden for å sikre at tiltaka er gjennomførte etter antikvariske retningslinjer og andre føresetnader for tilskotet.
Midlane frå kulturminnefondet skal komme i tillegg til dei ordinære løyvingane frå Riksantikvaren.
Rapport 2014
Det vart brukt 17 mill. kroner til drift av Norsk kulturminnefond i 2014. Det vart gitt tilsegner på til saman inntil 61 mill. kroner, fordelt på 473 søknader.
Det kom inn 888 søknader innan fristen 1. november 2013. Det er ein monaleg vekst sidan 2013 då det var 630 søknader. Kulturminnefondet har i tillegg oppretta to nye ordningar med moglegheit til å søkje støtte til strakstiltak og til fag- og handverksseminar. Det er behandla om lag 900 søknader totalt. Samla søknadssum frå private eigarar av verneverdige kulturminne er på 215 mill. kroner. Det har aldri vore større interesse for å søkje kulturminnefondet om støtte til istandsetjing av verneverdige kulturminne.
Programkategori 12.60 Nord- og polarområda
Hovudinnhald og prioriteringar
Utgiftene under programkategori 12.60 høyrer inn under resultatområda, Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda. Programkategorien omfattar verksemda til Norsk Polarinstitutt, Svalbards miljøvernfond og Fram – nordområdesenter for klima- og miljøforsking.
I nord– og polarområda er betre kunnskap om klima og miljø av stor betydning for miljøforvaltning, klimatilpassing og samfunnsplanlegging. Naturen på Svalbard vert allereie i dag påverka av dei raske klimaendringane i Arktis. Samtidig har lokal verksemd og ferdsel knytt til turisme og forsking auka dei seinare åra. Denne utviklinga skaper nye utfordringar for forvaltninga av miljøet på Svalbard, der ein har sett høge mål for bevaringa av villmarksnaturen. Utvikling og tilpassing av miljøforvaltninga på Svalbard til nye utfordringar er derfor viktig. Antarktis er i dag etter Antarktistraktaten eit verneområde vigsla fred og vitskap. Eit godt kunnskapsgrunnlag er ein føresetnad for at partane under antarktissamarbeidet kan forvalte miljøet i traktatområdet i tråd med Traktaten og Miljøprotokollens målsetjingar. Det er dei siste tiåra registrert betydeleg oppvarming over enkelte delar av Antarktis. Manglande kunnskap er eit grunnleggjande hinder for å få ei full forståing av klimaendringane her. Noreg skal medverke til dette kunnskapsgrunnlaget, og samtidig til den internasjonale kunnskapsutviklinga om Antarktis og globale problemstillingar knytte til polarområda. I samarbeidet under Arktisk råd blir dei prioriterte områda følgde opp gjennom prosjekt og oppfølgingsplanar. Det blir òg arbeidd med ei samla utgreiing om dei endringane som skjer i Arktis, og kva dette vil bety for framtidig miljø, aktivitet, forvaltning og behov for tilpassing. Innanfor Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen er heilskapleg forvaltning og miljøovervaking i Barentshavet viktige element. På grunn av dei høge utsleppa av svovel og metall frå nikkelverka på Kola har styrkt miljøovervaking ein sentral plass i det grensenære samarbeidet. Innanfor Barentssamarbeidet er bevaring av naturmangfaldet, forvaltning av grensevassdrag, reduksjon av forureining og klimautslepp viktige oppgåver i tillegg til løysinga av dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen.
Framsenteret i Tromsø omfattar i dag 20 norske institusjonar, og det er full fagleg aktivitet som gir fortløpande resultat på alle dei seks tematiske satsingsområda, kalt «flaggskip». Framsenteret har oppnådd nasjonal og internasjonal status som kompetansemiljø, og er òg attraktivt for lokalisering av nasjonale initiativ og for internasjonale sekretariat som Noreg har ansvaret for, bl.a. Sekretariatet for Arktisk Råd. I 2015 starta arbeidet med nybygget som vil gi Framsenteret ei utviding med 195 nye arbeidsplassar pluss laboratorium og spesialrom.
Resultatområde
Tabell 7.15 Resultatområde under programkategori 12.60.
Resultatområdet | Nasjonale mål |
---|---|
Polarområda |
|
Politikk og verkemiddel for å nå dei nasjonale måla på polarområda
Svalbard
Det er eit hovudmål for norsk svalbardpolitikk å halde ved lag omfanget av villmarksprega område, og å bevare naturmangfaldet tilnærma upåverka av lokal aktivitet og motorisert ferdsel. Vidare er det eit mål å bevare ein internasjonalt viktig og verdifull kulturarv som Noreg har eit særskilt ansvar for, og å sikre verneområda sin verdi som referanseområde for forsking, jf. St.meld. nr. 22 (2008 – 2009) Svalbard. Det er òg norsk politikk at miljøomsyn skal vege tyngst ved konflikt med andre interesser, jf. St.meld. nr. 9 (1999 – 2000) Svalbard og Innst. S. nr. 196 (2000 – 2001).
På Svalbard vil arbeidet med å etablere ei betre styring av ferdsel og annan aktivitet i verneområda gjennom forvaltningsplanar og forskriftsendringar ha høg prioritet. Den strenge praksisen når det gjeld løyve og vilkår for verksemd som medfører inngrep utanfor dei eksisterande busetjings- og gruveområda vil bli ført vidare. Det vil òg bli arbeidd vidare med å avgrense forureiningar frå lokale kjelder.
Isbjørn er særleg sårbar for effektane av klimaendringar, og hausten 2015 gjennomførte Norsk Polarinstitutt ei ny teljing av Svalbard-/Barentshavbestanden av isbjørn. Den nye teljinga skal indikere om det har skjedd drastiske endringar sidan siste teljing i 2004, etter ein periode med mange år med dårlege isforhold og tap av sjøishabitat, og gi eit sentralt referansepunkt for å følgje med i bestandsutviklinga i kommande år med store klimaendringar.
Ein handlingsplan for isbjørn, som er særleg sårbar for effektane av klimaendringar, er ferdigstilt i 2013 og arbeidet med å implementere planen har starta.
Ein handlingsplan mot framande arter på Svalbard vil bli ferdigstilt, og arbeidet med å implementere planen vil starte.
Kulturminneplanen for Svalbard 2013 – 2023 er fastsett med ei samla liste over dei ca. 100 viktigaste kulturminna og kulturmiljøa, der 50 har særleg høg prioritet. Oppfølginga av dei prioriterte objekta varierer frå berre tilsyn, forslag til freding, sikring i arealplan og til omfattande restaurering og vedlikehald. Dei industrielle kulturminna er ei særleg utfordring. Desse er viktige symbolstrukturar for Longyearbyen og Svalbard. Svalbard er oppført på Noregs tentative liste til UNESCOs verdsarvkonvensjon, og arbeidet med å utgreie Svalbard som eit mogeleg verdsarvområde er starta.
Antarktis
Noreg medverkar gjennom forskingsinnsats og aktiv deltaking i arbeidet under Antarktis-traktaten med tilhøyrande Miljøprotokoll til eit globalt samarbeid for vern av det sårbare miljøet i Antarktis.
Noreg arbeider aktivt gjennom samarbeidet under Antarktistraktaten for ei økosystembasert, heilskapleg forvalting av miljøet i havet og på land i traktatområdet, med særskilt fokus på vern av sårbare og verdfulle område. Noreg arbeider òg for å sikre at dei unike natur- og miljøverdiane blir tekne vare på for forsking på globale miljøsystem. Noreg vil sikre at klimaendringar er eit viktig punkt på dagsordenen i samarbeidet under traktaten. Det er store utfordringar knytte til sikring og istandsetjing av kulturminna. Bevaringstiltak gjennomføres i medhald av fagleg grunngitt og avgrensa prioriteringsliste.
Norsk Polarinstitutt (NP) har ei nøkkelrolle i norsk antarktisadministrasjon både som nasjonal operatør og som styresmakt etter forskrift om miljøvern og tryggleik i Antarktis. NP har òg som viktig oppgåve å framskaffe forskingsbasert kunnskap som medverkar til at Noreg på best mogleg måte oppfyller sine forpliktingar som traktatpart.
Arktisk råd og miljøvernsamarbeidet med Russland
Klimaendringar og auka økonomisk aktivitet gir større utfordringar i Arktis. Noreg skal medverke til ei heilskapleg tilnærming for å handtere desse utfordringane gjennom aktiv norsk deltaking i Arktisk råd og rådets arbeidsgrupper.
Spesielt prioriterte tema for Noreg er klimaendringar i Arktis, tiltak mot utslepp av kortlevde klimadrivarar, bevaring av arktisk biodiversitet, havforsuring, heilskapleg havforvaltning og overvaking av status og effektar av forureining i Arktis. Noreg prioriterer òg arbeidet med ei samla utgreiing av dei endringane som skjer i Arktis, og kva dette vil bety for framtidig miljø, aktivitet, forvaltning og behov for tilpassing.
Noreg vil vere aktivt i Arktisk råds arbeid med prosjekt og oppfølgingsplanar på desse områda, og leggje til rette for at kunnskap og tilrådingar som blir framskaffa gjennom desse prosjekta blir tekne i bruk og implementerte i forvaltninga.
Eit breitt og effektivt miljøvernsamarbeid med Russland står sentralt i regjeringas nordområdestrategi. Miljøvernsamarbeidet vil bli ført vidare innanfor Den norsk-russiske miljøvernkommisjonen og Barentssamarbeidet. Hovudvekta er lagt på det bilaterale samarbeidet, med ei særleg prioritering av havmiljø og samarbeid i grenseområda.
Samarbeidet om naturmangfald i Barentsregionen, reduksjon av forureining og undersøkingar av radioaktiv forureining vert òg ført vidare.
Innan havmiljøsamarbeidet er utviklinga av eit konsept for ein forvaltningsplan for russisk side av Barentshavet, basert på norske erfaringar med forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten, høgt prioritert. Saman med etableringa av eit felles norsk-russisk miljøovervakingsprogram og vidareutvikling av den felles miljødatabasen Barentsportalen vil dette gi viktige premissar for auka verksemd innan fiskeri, skipstransport og olje- og gassverksemd. Risikoanalysar og erfaringsutveksling om kontroll av petroleumsverksemd er òg viktige element i havmiljøsamarbeidet.
I grenseområda er utsleppa frå nikkelverka på Kola framleis den største utfordringa, og styrkt miljøovervaking har derfor ein sentral plass i det grensenære samarbeidet. Noreg vil halde fram med påverknadsarbeid for å få redusert utsleppa og å ta saka opp overfor russiske styresmakter slik at naudsynte tiltak blir sette i verk.
Mange av prosjekta i det bilaterale miljøvernsamarbeidet med Russland støttar opp under miljøvernsamarbeidet under Barentsrådet og Arktisk råd. I Barentssamarbeidet fokuserer ein på reinare produksjon i industrien og berekraftig forbruk, forvaltning av naturmangfaldet og av vassressursane i regionen. Ei høgt prioritert oppgåve er å medverke til å løyse dei store og samansette miljøutfordringane i russisk del av Barentsregionen, dei såkalla hot spots, som er beskrivne i Arktisk råds miljøovervakingsprogram og Nordisk miljøfinansieringsselskapet (NEFCO) si hot spot-liste frå 2003. Det ligg stor grad av norsk eigeninteresse i å få løyst desse miljøproblema. I denne samanhangen er både NEFCO og Miljøpartnarskapet under den Nordlege Dimensjon viktige verkemiddel.
Forsking og miljøovervaking i nord- og polarområda
Situasjonen i polarområda gir nye kunnskapsutfordringar knytte til miljø og klima. Å utvikle kunnskap og forståing av korleis miljø i Arktis og Antarktis vert påverka av klimaendringar, havforsuring, forureining og auka aktivitet er derfor ein særs viktig del av både det nasjonale arbeidet og det internasjonale samarbeidet i nord- og polarområda. Grunnlaget for Noregs bidrag til dette samarbeidet er den nasjonale satsinga på kunnskap om klima og miljø.
Sentrale verkemiddel med omsyn til polar kunnskapsproduksjon er Norsk Polarinstitutt og Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking.
Framsenteret har saman med utviklinga av Svalbard som ei plattform for internasjonal forsking, ei særs viktig rolle i dette. I Framsenteret samarbeider forskarar frå 20 norske partnarinstitusjonar om alle sider av klima og miljø i nord. Samarbeidet vil bli ytterlegare styrkt gjennom nybygget for Framsenteret, der arbeidet starta hausten 2015, og vil ta ca. to år. Miljøa og infrastrukturen som er knytte til klima- og miljøforskinga i Tromsø og på Svalbard gjer òg desse stadene til viktige møteplassar for internasjonalt samarbeid i Arktis.
Nærare om budsjettforslaget
Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2016 er på 335,9 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på om lag 11,1 mill. kroner, eller 3,4 pst. samanlikna med saldert budsjett for 2015. Nedgangen i løyvinga skuldast i hovudsak ei ekstraløyving i 2015 på 10 mill. kroner til teljing av isbjørn. Vidare er 2 mill. kroner overført til kap. 1410 post 70, knytta til NILUs arbeid/målingar på Zeppelinstasjonen i Ny-Ålesund.
Utgifter under programkategori 12.60 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 | Pst. endr. 15/16 |
1471 | Norsk Polarinstitutt | 296 952 | 280 252 | 269 107 | -4,0 |
1472 | Svalbard miljøvernfond | 15 004 | 14 638 | 14 638 | 0,0 |
1474 | Fram - Nordområdesenter for klima- og miljøforsking | 52 214 | 52 153 | 52 153 | 0,0 |
Sum kategori 12.60 | 364 170 | 347 043 | 335 898 | -3,2 |
Kap. 1471 Norsk Polarinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
01 | Driftsutgifter | 219 889 | 213 666 | 200 932 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 76 565 | 66 090 | 67 667 |
50 | Stipend | 498 | 496 | 508 |
Sum kap. 1471 | 296 952 | 280 252 | 269 107 |
Rolle og oppgåver for Norsk Polarinstitutt:
Norsk Polarinstitutt er den sentrale statsinstitusjonen for kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta forsking i Arktis og Antarktis, jf. St.meld. nr. 42 (1992 – 93) Norsk polarforskning, fagleg og strategisk rådgivar overfor den sentrale forvaltninga og fagleg rådgivar for miljødirektorata og Sysselmannen i polarspørsmål.
Instituttet skal vidare:
halde ved lag ein brei forskingsbasert kompetanse på område der miljøforvaltninga har eit direkte forvaltningsansvar i nord- og polarområda eller har ei heilt sentral pådrivarrolle både nasjonalt og i internasjonale prosessar. Det omfattar klimaprosessar og klimaendringar og effektane av desse på naturen og viltforvaltning, område- og habitatvern, og miljøgift/forureiningsproblematikk
ha ansvar for topografisk og geologisk kartlegging av landområda på Svalbard og norsk biland og territorialkrav i Antarktis
utvikle, revidere og leie overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis
medverke til å stimulere og koordinere nasjonal og internasjonal forsking på Svalbard gjennom å samarbeide om forskingsprosjekt og gi tilgang til instituttet sin infrastruktur, så som forskingsstasjon, feltutstyr og transport mot dekning av instituttet sine kostnader
følgje opp og gjennomføre norsk miljølovgiving i Antarktis
medverke til at forvaltningas kunnskapsbehov blir teke hand om
fremje miljøforsking og forvaltningsrådgiving innan Det bilaterale norsk-russiske miljøsamarbeidet
utforske og overvake det marine miljøet i det nordlege Barentshavet
delta i sekretariatet for Fagleg forum for økosystembasert forvaltning av norske havområde
representere Noreg i internasjonale samarbeidsfora og formidle kontakt mellom norske og internasjonale fagmiljø
medverke til å styrkje Framsenteret
utvikle samarbeidet med dei andre forskingsinstitusjonane i Tromsø og i Nord-Noreg
formidle utovervend informasjon om polarområda, blant anna gjennom samarbeid med Polaria
Post 01 Driftsutgifter
Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Naturmangfald, Forureining, Klima og Polarområda. Posten viser i 2016 ein nedgang frå 2015 som i hovudsak skuldast ei ekstraløyving i 2015 på 10 mill. kroner til teljing av isbjørn. Teljinga vart ferdig i 2015 og pengane er derfor tekne ut frå denne posten i 2016-budsjettet. I tillegg er 2 mill. kroner overført til kap. 1410 post 70. Pengane skal gå til NILUs arbeid/målingar på Zeppelinstasjonen i Ny-Ålesund.
Posten dekkjer utgifter som Norsk Polarinstitutt har til lønn og godtgjersler for faste og mellombels tilsette. Vidare dekkjer posten ordinære driftsutgifter, drift av forskingsstasjon og luftmålestasjon i Ny-Ålesund og utgifter knytte til instituttets samla forskings- og ekspedisjonsverksemd, inklusive satsinga på ICE (Senter for is, klima og økosystem).
Posten dekkjer elles utgifter knytte til sals- og oppdragsverksemd og drift av polarforskingsfartøyet R/V «Lance». Dei tilhøyrande inntektene er førte under kap. 4471 postane 01 og 03. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under dei to nemnde postane, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Rapport for 2014:
Polarinstituttet har i 2014 brukt ca. 55 pst. av løyvinga si til lønns- og driftsutgifter knytte til administrasjon, bygningar på Svalbard og i Tromsø, Zeppelinstasjonen i Ny-Ålesund og drift av forskingsfartøyet R/V Lance. Resterande 45 pst. er lønn og andre utgifter knytte til vår forskingsavdeling, områda forvaltningsplan for Barentshavet-Lofoten, miljøgifter og i ICE (Senter for is, klima og økosystem). Av forbruket på denne posten korresponderer omlag 60 mill. kroner med inntekter på kap. 4471 som gir Polarinstituttet høve til tilsvarande auke på utgiftssida. Dette er nesten alt saman knytt til ekstern finansiering av forskingsaktivitet frå mellom anna Forskingsrådet og EU.
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast
Midlane under denne posten er retta mot resultatområde 6 Polarområda. Posten dekkjer utgifter til vitskapeleg samarbeid i Antarktis der midlane gjeld deltaking i det internasjonale Antarktis-samarbeidet og midlar til gjennomføring av dei norske Antarktis-ekspedisjonane.
I tillegg til forskingsaktivitet skal løyvinga dekkje drift av forskingsstasjonen Troll og det internasjonale DROMLAN-prosjektet (Dronning Maud Land Air Network). Noregs nærvær i Antarktis er styrkt betydeleg, og vil i større grad medverke til det internasjonale arbeidet for å bevare Antarktis som det reinaste og minst påverka villmarksområdet i verda.
Posten dekkjer elles utgifter knytte til drift av TrollSat. Dei tilsvarande inntektene er førte under kap. 4471 post 21. Løyvinga kan overskridast dersom det er tilsvarande meirinntekt under den nemnde posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Rapport for 2014:
Av midlane på denne posten vart ca. 87 pst. brukt til lønn for dei som arbeider på Troll-stasjonen og drift av bygningar i Antarktis, fartøyleige, helikopterleige og andre logistikkutgifter. Resterande del av løyvinga, ca. 13 pst. går til forsking. Av forbruket på denne posten korresponderer ca. 17 mill. kroner med inntekter på kap. 4471 som gir Polarinstituttet høve til tilsvarande auke på utgiftssida, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 50 Stipend
Midlane under denne posten er retta mot resultatområda Forureining, Klima og Polarområda.
Mål
Stipendmidlane skal auke rekrutteringa til og kompetansen innanfor den norske polarforskinga. Midlane er eit viktig og effektivt verkemiddel for å stimulere norsk polarforsking på Svalbard. Støtte blir primært gitt til norske hovudfags- og doktorgradstudentar. Støtta skal dekkje ekstrautgifter ved opphald i felt.
Kriterium for måloppnåing
Talet på hovudfagsoppgåver og doktorgrader med polarforsking som emne.
Tildelingskriterium
Det blir lagt vekt på relevante polare problemstillingar, fagleg kvalitet og i kor stor grad temaet ligg til rette for forsking.
Oppfølging og kontroll
Kravet er rekneskapsoversikt og ein kort fagleg rapport om gjennomføringa.
Rapport for 2014:
Av 81 søknader vart 44 finansierte med totalt 2,5 mill. kroner. Av dette var 0,5 mill. kroner midlar frå Norsk Polarinstitutt og 2 mill. kroner frå Forskingsrådet i Noreg.
Dei viktigaste norske institusjonane som fekk støtte var Noregs Arktiske Universitetet, Universitetsstudia på Svalbard, Noregs Teknisk Naturvitskapelege Universitet og Universitetet i Oslo.
Kap. 4471 Norsk Polarinstitutt
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
01 | Sals- og utleigeinntekter | 12 486 | 10 358 | 10 605 |
03 | Inntekter frå ymse tenesteyting | 59 801 | 57 089 | 58 450 |
16 | Refusjon av fødselspengar/adopsjonspengar | 651 | ||
18 | Refusjon av sjukepengar | 574 | ||
21 | Inntekter, Antarktis | 16 840 | 12 752 | 13 056 |
Sum kap. 4471 | 90 352 | 80 199 | 82 111 |
Post 01 Sals- og utleigeinntekter
Salsinntektene gjeld sal av kart, flybilete og publikasjonar, mens utleigeinntektene gjeld utleige av feltutstyr, transportmiddel, blant anna utleige av forskingsfartøy og andre inntekter. Kap. 1471 post 01 kan overskridast tilsvarande eventuelle meirinntekter under denne posten, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 03 Inntekter frå diverse tenesteyting
Oppdragsinntektene gjeld inntekter frå eksterne oppdrag for andre offentlege instansar og frå det private næringslivet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 01, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Post 21 Inntekter, Antarktis
Posten gjeld refusjon av utgifter Norsk Polarinstitutt har for andre land og verksemder knytte til Antarktis-samarbeidet. I hovudsak gjeld dette refusjon av driftsutgiftene ved TrollSat i medhald av avtale med Kongsberg Satellite Services og inntekter frå flygingar knytte til DROMLAN-samarbeidet. Meirinntekter under denne posten gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter under kap. 1471 post 21, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1472 Svalbard miljøvernfond
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
50 | Overføringar til Svalbard miljøvernfond | 15 004 | 14 638 | 14 638 |
Sum kap. 1472 | 15 004 | 14 638 | 14 638 |
Svalbards miljøvernfond er oppretta med heimel i svalbardmiljølova, og departementet etablerte fondet i 2005. Fondet starta si verksemd i 2007.
Inntektene til fondet er sett saman av midlar frå miljøavgift for tilreisande til Svalbard, av midlar kravde inn gjennom avgift for løysing av kort for jakt, fangst eller fiske i samband med hausting og avgift ved jegerprøveeksamen. Både fondskapitalen og avkastninga skal nyttast til tiltak som har til føremål å verne miljøet på Svalbard. Fondet skal sikre si eiga drift, slik at ein mindre del av midlane vil gå til forvaltning av fondsmidlane og til utgifter knytte til innkrevjing av inntektene. Det er utarbeidd eigne vedtekter for verksemda til fondet og gitt forskrift om tilskot frå fondet. Styret for fondet blir utnemnt av departementet og er fondet sitt øvste organ medan sekretariatet er lagt til Sysselmannen som har ansvar for den daglege leiinga og drifta av miljøvernfondet si verksemd.
Kvart år tildeler fondet no mellom 10 – 16 mill. kroner til miljøvernprosjekt etter søknad frå private og offentlege verksemder, privatpersonar og organisasjonar. Midlane går til skjøtsel, vedlikehald av kulturminne, informasjons- og opplæringstiltak og prosjekt med formål å undersøke eller gjenopprette miljøtilstanden. Svalbard miljøvernfond medverkar gjennom tildelingane til eit gradvis skifte til miljøvennleg samfunns- og næringsutvikling på Svalbard.
Rapport for 2014:
I 2014 vart det gitt 73 tilsegner til ulike prosjekt. Opplysningar om desse prosjekta finst på heimesida til fondet: http://www.sysselmannen.no/Svalbards-miljovernfond/. Sidan fondet blei operativt i 2007 og til og med våren 2015, er det gitt støtte til 416 prosjekt med ein samla sum på 81,5 mill. kroner.
Post 50 Overføringar til fondet
Posten skal berre nyttast til overføring av inntektene frå kap. 5578 post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond.
Kap. 5578 Sektoravgifter under Klima- og miljødepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
70 | Sektoravgifter under Svalbard miljøvernfond | 15 004 | 14 650 | 14 650 |
Sum kap. 5578 | 15 004 | 14 650 | 14 650 |
Post 70 Sektoravgifter under Svalbards miljøvernfond
Denne posten blir nytta til avgifter som, i samsvar med svalbardmiljølova, skal overførast til Svalbards miljøvernfond. Miljøavgift for reisande til Svalbard er hovudinntektskjelda til fondet, men under denne posten blir det òg budsjettert med sal av jakt- og fiskekort m.m.
Meirinntekter under kap. 5578 post 70 gir grunnlag for tilsvarande meirutgifter som er budsjetterte under kap. 1472 Svalbards miljøvernfond, jf. forslag til vedtak II nr. 1.
Kap. 1474 Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
50 | Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70 | 31 499 | 24 153 | 24 153 |
70 | Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 20 715 | 28 000 | 28 000 |
Sum kap. 1474 | 52 214 | 52 153 | 52 153 |
Midlane under dette kapitlet skal gå til å styrkje og skaffe framifrå ny kunnskap om klima og miljø og om miljøkonsekvensar av ny næringsverksemd i nord. Kunnskapen skal setje oss i stand til å forvalte hav- og landområda våre i nord, og dei ressursane som finst der, på ein endå betre måte, og sikre at ny næringsverksemd på dette området skjer innanfor miljøforsvarlege rammer. Betre kunnskap om klima og miljø har avgjerande verdi for ressursforvaltning, klimatilpassing, samfunnsplanlegging og beredskap i nord. Betre kunnskap om og forståing av prosessane i Arktis vil òg vere eit svært viktig bidrag til det internasjonale klimaarbeidet. Framsenteret vart opna i september 2010, og har no 20 deltakande institusjonar. Aktiviteten er delt inn i seks faglege satsingsområde (flaggskip). Dei er:
havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk, leiar: Norsk Polarinstitutt
effektar av klimaendringar på fjord og kystøkologi i nord, leiar: Havforskingsinstituttet
effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk, leiar: Universitetet i Tromsø
havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn, leiar: Havforskingsinstituttet
miljøgifter – effektar på økosystem og helse, leiar: Norsk institutt for luftforsking
miljøkonsekvensar av næringsverksemd i nord (MIKON), leiar: Norsk institutt for naturforsking.
Regjeringa foreslo i revidert budsjett for 2015 oppstart av eit nybygg for Framsenteret i Tromsø, og dette vart vedteke av Stortinget.
Post 50 Tilskot til statlege mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 70
Mål
Midlane skal gå til dei statlege partnarane i Framsenteret, med mål å gjennomføre forvaltningsrelevant klima- og miljøforsking av høg kvalitet i nasjonale og internasjonale nettverk, og til å delta i og utvikle vidare både nasjonalt og internasjonalt tverrfagleg forskingssamarbeid. Midlane skal òg gå til aktiv formidling av forskingsresultat frå klima- og miljøforsking i nord til næringsliv, skuleverk, forvaltningsnivå og eit breitt publikum.
Kriterium for måloppnåing
Framskaffe ny kunnskap av framifrå kvalitet som kan publiserast.
Etablert forskarutdanning og mastergradsutdanning gjennom samarbeid med relevante institusjonar innan høgre utdanning på klima og miljø.
Etablert fagleg forskingssamarbeid mellom relevante nasjonale institusjonar, fylle «kunnskapshol» og gi nasjonal meirverdi.
Etablerte gode forskingsretta nettverk nasjonalt og internasjonalt, og samarbeid med dei andre FoU-miljøa i landsdelen.
Fleirfaglege og tverrfaglege samarbeidsprosjekt mellom institusjonane og forskarar med naturvitskapleg, teknologisk og samfunnsvitskapleg kompetanse.
Faglege produkt i rett tid og form til bruk for politikkutforming, og som kan nyttast til å redusere risiko og sikre at ny verksemd skjer på ein berekraftig måte.
Formidle forskingsresultat til brukarane, som til dømes næringsliv, skuleverk, andre relevante brukarar og eit breitt publikum.
Tildelingskriterium
Prosjekta må liggje innanfor dei vedtekne faglege satsingsområda, og vere kvalitetssikra av Noregs Forskingsråd. I tillegg må dei vere tverrfaglege i høgst mogleg grad.
Oppfølging og kontroll
Leiarane for kvar av dei faglege satsingsområda (Flaggskipsleiarane) er pålagt saman med dei andre deltakarane i flaggskipa å rapportere årleg om forskingsaktivitet som er sett i gang og oppnådde resultat innan 30. november.
Post 70 Tilskot til private mottakarar, kan overførast, kan nyttast under post 50
Midlane skal gå til dei ikkje-statlege partnarane i Framsenteret, til dei same føremåla som for post 50, og kriterium for måloppnåing, rapportering og tildeling, oppfølging og kontroll er dei same. Sjå elles omtala under post 50 ovanfor.
Rapport for 2014
Framsenteret har vore involvert i betydeleg nasjonal og internasjonal forskingsaktivitet i 2014. Forskingsmiddel frå flaggskipa har finansiert 73 forskingsprosjekt. I tillegg kjem 10 prosjekt finansierte på tvers av flaggskipa, med gjennomgåande middel og insentivmiddel. Prosjekta hadde deltakande forskarar frå 16 land og 55 ulike institusjonar (Noreg inkludert) i 2014. Produksjonen av vitskapelege publikasjonar (40 i alt) og rapportar har vore betydeleg, og forskarar frå Framsenteret har delteke og presentert si forsking på ei lang rekkje nasjonale og internasjonale konferansar og arbeidsseminar. Tilslag på eksterne forskingsmidlar har vore betydeleg då forskarar frå flaggskipa har motteke ekstern finansiering (utanom ordinær tildeling frå departementa) på 40 mill. kroner. Gjennom Framsenteret AS har forskinga i Framsenteret vore kommunisert til ei rekkje besøk frå ulike land og ambassadar, forskingsinstitusjonar, statlege organ, utdanningsinstitusjonar og media. Forskingsformidlinga har òg vore betydeleg blant anna gjennom Fram Forum kvart år. Fram Forum er engelskspråkleg og blir utgitt i papirform og i elektronisk utgåve med global distribusjon. I tillegg vert tre nettsider drifta, og forskinga vert formidla gjennom ei rekkje kanalar som Youtube (framshorts.com), framsyningar, dei nasjonale forskingsdagane og stands ved ei rekkje nasjonale og internasjonale konferansar.
Programkategori 12.70 Internasjonalt klimaarbeid
Hovudinnhald og prioriteringar
Utgiftene under programkategori 12.70 gjeld resultatområde 5 Klima. Kategorien omfattar verksemda til Klima- og miljødepartementet med kjøp og sal av kvotar og departementet sitt arbeid med klima- og skogsatsinga.
Klima- og skogsatsinga er Noreg si største internasjonale klimasatsing, og er saman med kjøp av klimakvotar vårt viktigaste bidrag til å redusere utslepp i utviklingsland. Andre hovudinnsatsområde i det internasjonale klimaarbeidet – innrettinga av klimafinansiering i den nye klimaavtala, utviklinga av internasjonale karbonmarknader og utfasing av subsidiar til fossile brensle, og kortlevde klimaforureiningar – er omtala i kap. 7 programkategori 12.20.
Resultatområde
Tabell 7.16 Resultatområde under programkategori 12.70.
Resultatområdet | Nasjonale mål |
---|---|
Klima |
|
Klimakvotar
Regjeringa sitt mål i klimapolitikken er å redusere nasjonale klimagassutslepp samtidig som Noreg medverkar internasjonalt i forhandlingar og gjennom direkte tiltak til å redusere utsleppa av klimagassar i andre land. Gjennom Kyotoprotokollens system er det opna for fleksibel gjennomføring og samarbeid mellom land som supplement til nasjonale tiltak. Denne utvegen har gjort det mogeleg for Noreg å ta på seg større forpliktingar, og dermed større globale reduksjonar, enn ein kunne utan ei slik ordning.
For mellom anna å dokumentere verknaden av tiltak i andre land er det etablert eit system med kvotar. Det er FN som utferdar kvotane etter omfattande prosessar med kontroll og godkjenning. Manglande ambisjonar i andre land har ført til at marknaden for slike kvotar langt på veg har falle saman. Resultatet er at pengestraumar frå dei rike landa til utviklingsland er i ferd med å stoppe opp utan at det har komme andre midlar til erstatning.
Noreg er ein av svært få kjøparar av klimakvotar frå Den grøne utviklingsmekanismen. Det blir lagt vekt på at statens kvotekjøp skal gjere ein skilnad. Staten kjøper derfor berre kvotar frå prosjekt som er i ferd med å innstille på grunn av manglande inntekter frå kvotesal, og kvotar frå nye prosjekt. Staten stør også i noko grad FNs tilpassingsfond gjennom kvotekjøp derifrå. Klima- og miljødepartementet arbeider med sikte på å inngå kontraktar som vil føre til levering av 60 mill. kvotar i perioden fram til utgangen av 2020. Arbeidet går etter planen.
I forhandlingane om ei ny klimaavtale arbeider Noreg for vidareføring av eit system for samarbeid mellom land gjennom fleksible mekanismar. Samarbeid om tiltak for å redusere utsleppet av klimagassar kan opne for at enkeltland aukar ambisjonane sine, og kan såleis bli viktig for å realisere togradersmålet. Gjennom kvotekjøpsprogrammet arbeider Klima- og miljødepartementet med å vidareutvikle dagens kvotesystem med sikte på å prøve ut ordningar som også kan brukast under ein ny klimaavtale for perioden etter 2020. I samsvar med omtala i budsjettproposisjonane for tidlegare år er det uvisst om kvotar ein kjøper gjennom slike marknadsmekanismar kan brukast som oppgjer under gjeldande Kyotoavtale og ein ny avtale for perioden etter 2020. Det er derfor ein risiko for at staten har forplikta seg til betale for kvotar som ikkje blir godkjende av FN som oppgjer for norske utslepp.
I samsvar med Meld. St. 13 (2014 – 2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030, arbeider regjeringa for ei fellesløysing med EU. Denne løysinga føreset at ein reduksjon på 40 pst. blir teken innanfor EU sine grenser utan samarbeid med land utanfor EU. Til liks med EU har Noreg meldt til FNs klimakonvensjon at ein vil forplikte seg til minst 40 pst. reduksjon i utsleppet av klimagassar jamført med 1990. Dersom Noreg ikkje lukkast med å få ei avtale om felles gjennomføring med EU, har ein lagt til grunn at ein òg kan bruke fleksible mekanismar til delvis oppfylling av norske forpliktingar.
Klima og skogsatsinga
Nasjonalt mål 5.6 Klima- og skogsatsinga er delt opp i følgjande delmål:
Å medverke til at det internasjonale klimaregimet er eit effektivt verkemiddel mot CO2-utslepp frå avskoging og skogdegradering
Å medverke til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar
Å medverke til å ivareta naturskog for å sikre denne skogen si evne til å binde karbon
Frå opprettinga av klima- og skogsatsinga i 2008 til 2015 har det første delmålet for klima- og skogsatsinga vore «Å bidra til at utslipp fra avskoging og skogforringelse i utviklingsland (REDD+) omfattes av en ny klimaavtale» (bl.a. formulert i Meld. St. 21 (2011 – 2012) Norsk Klimapolitikk). I Bonn i juni 2015 ferdigstilte partane i klimaforhandlingane eit overordna rammeverk for REDD+. Det er lagt opp til endeleg vedtak om rammeverket på klimatoppmøtet i Paris i desember 2015. Det er avgjerande at klimaregimet som blir etablert i Paris blir eit effektivt verkemiddel mot CO2-utslepp frå avskoging og skogdegradering. Regjeringa vil framover arbeide for å sikre storskala, føreseieleg og langsiktig finansiering til betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar basert på semja om REDD+. Samtidig vil regjeringa arbeide aktivt med tropiske skogland, privat sektor, det sivile samfunn og urfolksorganisasjonar for å redusere klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog og torvmyr, parallelt med tiltak for å fremje «avskogingsfrie forsyningskjeder» for råvarer som kan forårsake avskoging.
Privat sektor har vist seg som ein viktig aktør i arbeidet mot avskoging. I dette arbeidet prioriterer regjeringa involvering av, og samarbeid med, privat sektor. Skal arbeidet for å unngå avskoging og degradering av skog lykkast, er det ein føresetnad at tiltak for vern av skog blir kombinert med tiltak som gjer at meir mat, fôr, energi og fiber blir produsert på allereie etablert jordbruksland eller andre allereie avskoga område. For å oppnå dette i land der investeringsklimaet ofte er krevjande vil tett offentleg-privat partnarskap vere ein føresetnad. Dette vil krevje nye samarbeidsformer.
Gjennom New York Declaration on Forests, inngått hausten 2014, og Lima Challenge, inngått vinteren 2015, har både skogland, donorland og ei rekkje aktørar innan privat sektor forplikta seg til arbeidet mot avskoging. I 2015 har Noreg vore med på å forhandle fram FNs nye, globale berekraftsmål. Eitt av berekraftsmåla er at verdas skogar skal forvaltast på ein berekraftig måte og at avskoging skal stoppe heilt innan 2020. I 2020 skal også degraderte skogar vere restaurerte. I tillegg skal arbeidet med påskoging ha auka betrakteleg. Alle desse internasjonale initiativa styrkjer klima- og skogsatsinga sin strategi for å redusere utslepp gjennom skogbevaring.
Sivilsamfunnet er viktige aktørar i arbeidet for redusert avskoging. I 2016 startar ein ny periode for tilskotsavtaler med sivile samfunnsaktørar under klima- og skogsatsinga. Følgjande område har vore prioriterte i samansetjing av porteføljen: urfolks og andre skogfolks deltaking og rettar, avskogingsfrie forsyningskjeder i næringslivet, handheving av regelverk for skogforvaltning og å etablere internasjonal konsensus om eit nytt klimaregime. Oslo REDD Exchange vil arrangerast for tredje gong våren 2016. På konferansen møtast aktørar frå det sivile samfunn, myndigheiter og privat sektor og delar og diskuterer erfaringar og kunnskap om REDD+.
Kunnskap om REDD+ i både skogland og donorland er ein føresetnad for å nå klima- og skogsatsinga sine mål. Kunnskap gir grunnlag for gode avgjerder og gir legitimitet i befolkninga både i skogland og givarland. I tråd med tilrådinga i følgjeevalueringa av klima- og skogsatsinga som kom i 2014 er kunnskapsformidling prioritert i 2016. Det blir sett av midlar innanfor klima- og skogsatsinga til å utvikle og å spreie kunnskap om REDD+.
Klima- og skogsatsinga samarbeider med land som inneber stor risiko. Fleire av skoglanda har utfordringar når det gjeld styresett og betydeleg risiko for økonomisk misleghald. Risikovurderingar og risikohandtering er derfor ein sentral del av alle prosjekt satsinga arbeider med. Som for alle bistandsprosjekt er nulltoleranseprinsippet lagt til grunn for økonomisk misleghald, sjå meir i Prop. 1 S for Utanriksdepartementet.
Boks 7.4 Overordna endringsteori og strategi for klima- og skogsatsinga
I Meld. St. 21 (2011 – 2012) Norsk klimapolitikk sluttar regjeringa seg til FNs strategi og mål om å bremse global oppvarming slik at den ikkje overstig to grader. Dette krev både kortsiktige og langsiktige kutt i utslepp av CO2. Redusert avskoging er avgjerande for å redusere utslepp raskt, og dermed å nå togradersmålet på sikt.
Ei underliggjande og avgjerande årsak til den raske avskoginga vi har sett, og framleis ser, er ein grunnleggjande marknadssvikt. Marknadssvikten inneber at skogane sin faktiske verdi for samfunnet ikkje blir reflektert i den verdi marknadene tillegg dei. Enkelt sagt er ein skog «verdt meir død enn levande»: Det er oftast meir å tene på å omgjere skogen til beiteland, plantasjar eller tømmer, enn det er på å bevare intakt eller berekraftig forvalta skog. Med mindre det blir teke kraftfulle grep, vil denne tendensen styrkjast i åra framover. Behovet for økt råvareproduksjon kommer av økt global etterspørsel etter mat, fôr, fiber og energi.
I tillegg til denne marknadssvikten, er det i mange land òg ein betydeleg styringssvikt. Styringssvikt betyr blant anna at forvaltninga av skog, og andre naturressursar, ofte favoriserer sterke enkeltgrupper sine interesser framfor aktuelle lokalsamfunn eller fellesskapet sine interesser. Eit av hovudproblema bak den globale avskoginga er med andre ord den eksisterande insentivstrukturen som påverkar dei relevante aktørane i skoglanda - styresmakter, næringsaktørar og menneske som lever i og av skogen.
Dei grunnleggjande grepa for å endre økonomien og politikken i retning av redusert avskoging må takast av nasjonale styresmakter i tropiske skogland, og dei må sjølve vurdere kva som er dei mest føremålstenlege tiltaka for å oppnå dette. Deira og andre aktørar sine insentiv til å ta slike grep kan ta fleire former:
Ei auka forståing av landa sin eigennytte av ei betra skogforvaltning
Finansielle insentiv, for eksempel betaling for verifiserte reduksjonar i klimagassutslepp frå avskoging og skogdegradering
Etterspørsel frå marknaden etter råvarer produsert utan avskoging
Vilje frå private aktørar til å investere i modernisering og produktivitetsauke i jordbruket i land som også beskyttar skog og torvmyr
Press for betre skogforvaltning frå eiga befolkning
Klima- og skogsatsinga rettar innsatsen mot å endre insentivstrukturen til ulike aktørar, og etablere nye samarbeidsmønster som gjer at alle partar i fellesskap kan endre si åtferd og medverkar til å hindre avskoging samtidig som dei fremjar sine eigne interesser.
Måla for klima- og skogsatsinga skal medverke til utviklingspolitikkens overordna mål om fattigdomsreduksjon og berekraftig utvikling, og klimapolitikkens mål om å bremse global oppvarming slik at den ikkje overstig to grader. Det strategiske rammeverket i figuren over viser kva område klima- og skogsatsinga rettar innsatsen mot for å nå måla for satsinga.
Dei overordna måla kan berre nåast gjennom eit effektivt globalt klimaregime. Innsatsen i klima- og skogsatsinga har som mål å leggje til rette for dette. Føresetnader for å nå dei overordna måla er at eit slikt klimaregime inkluderer langsiktig og føreseieleg finansiering for skoglanda, og mekanismar for å sikre bl.a. betra styresett og demokratisk deltaking i landa, og at privat sektor medverkar til verdiskaping basert på god skog- og arealforvaltning.
Eit globalt klimaregime vil vere eit godt utgangpunkt for å oppnå resultat gjennom samarbeid på landnivå. For at klima- og skogsatsingas partnarskap skal gi resultat må det vere vilje til endring hos det politiske leiarskapet i landet. Partnarlanda er ulike og innanfor rammene av Klima- og skogsatsingas overordna strategi blir det utvikla meir detaljerte endringsteoriar for kvart enkelt land/prosjekt.
Mange skogland er i dag ikkje klare til å levere og rapportere resultat i form av målte og verifiserte reduserte utslepp frå skog. Klima- og skogsatsinga rettar derfor betydeleg innsats mot å støtte prosessar som vil leggje til rette for utsleppsreduksjonar og leggje grunnlaget for auka finansiering og vedvarande redusert avskoging. I praksis inneber dette bl.a. å etablere skogovervakingssystem, vedta REDD+-planar og lovverk og å opprette institusjonar for implementering. Deltaking frå skogavhengige folkegrupper og sivilsamfunnet elles er avgjerande.
God skog- og arealforvaltning medverkar til berekraftig utvikling. Urfolk og andre skogfolk har gjennom hundreår forvalta skogen på ein berekraftig måte. Urfolk og andre skogfolk sin rett til å eige og forvalte sine område, og deira deltaking i avgjerdsprosessar kan medverke til berekraftig utvikling i mange skogområde. Sivilsamfunnet kan òg ha ein kontrollfunksjon overfor styresmakter og privat sektor. For å styrkje sivilsamfunnet sitt høve til å ivareta denne funksjonen arbeider klima- og skogsatsinga for transparente og deltakande avgjerdsprosessar.
Eit privat næringsliv som medverkar til at råvarer blir produserte på ein berekraftig måte og utan å føre til avskoging er avgjerande. Klima- og skogsatsinga arbeider for at privat sektor skal etablere avskogingsfrie forsyningskjeder, og at den skal satse på berekraftig produksjon av råvarer.
Nærare om budsjettforslaget
Foreslått løyving knytt til programkategorien for 2016 er på 3,271 mrd. kroner på utgiftsida og 1,87 mrd. kroner på inntektssida. Dette er ein auke på 268 mill. kroner eller om lag 9,1 pst på utgiftsida samanlikna med saldert budsjett for 2015. Auken relaterer seg til auka behov for løyving til statlege kvotekjøp.
Utgifter under programkategori 12.70 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 | Pst. endr. 15/16 |
1481 | Klimakvotar | 40 609 | 10 237 | 279 218 | 2 627,5 |
1482 | Internasjonale klima- og utviklingstiltak | 3 433 919 | 2 992 612 | 2 995 753 | 0,1 |
Sum kategori 12.70 | 3 474 528 | 3 002 849 | 3 274 971 | 9,1 |
Kap. 1481 Klimakvotar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
01 | Driftsutgifter, kan overførast | 3 303 | 8 737 | 8 928 |
22 | Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast | 37 095 | 270 000 | |
23 | Kvotekjøp, statstilsette sine flyreiser, kan overførast | 211 | 1 500 | 290 |
Sum kap. 1481 | 40 609 | 10 237 | 279 218 |
Post 01 Driftsutgifter, kan overførast
Post 01 Posten omfattar utgifter til kjøp av eksterne tenester som kommersiell og juridisk rådgiving, og andre driftsutgifter i samband med arbeidet med kjøp og sal av kvotar. Departementet foreslår at det blir løyvd 8,9 mill. kroner under posten.
Post 22 Kvotekjøp, generell ordning, kan overførast
Gjennom ratifikasjon av endringar i Kyoto-protokollen har Noreg forplikta seg til redusere dei årlege klimagassutsleppa i perioden 2013 – 2020 med 16 pst. i gjennomsnitt, jamført med Noregs utslepp i 1990. I Innst. 60 S (2013 – 2014) om samtykke til godkjenning av endring i Kyotoprotokollen peikar energi- og miljøkomiteen på at det gjennom Kyotoprotokollens system blir opna for ei fleksibel gjennomføring og samarbeid mellom land som supplement til nasjonale tiltak. Komiteen viser til at dette gjer det mogeleg for Noreg å ta på seg større forpliktingar og å medverke til større globale reduksjonar.
Strategien for kjøp av klimakvotar i perioden 2013 – 2020 er drøfta i Revidert nasjonalbudsjett 2013. Der legg ein vekt på at staten gjennom sitt kvotekjøp skal medverke til utviklinga og legitimiteten til den internasjonale marknaden for klimakvotar. Kjøpsstrategien byggjer på FN-systemet, og ein fører i store trekk vidare strategien frå første Kyotoperiode (2008 – 2012). Staten vil i utgangspunktet berre kjøpe kvotar frå allereie registerte prosjekt som står i fare for å avvikle drifta, og frå nye prosjekt. Ein vil som hovudregel ikkje kjøpe kvotar frå registerte prosjekt som har inntekter som dekkjer dagleg drift, sidan slike prosjekt mest truleg vil halde fram å generere utsleppsreduksjonar uavhengig av statens kvotekjøp. I samsvar med EUs regulering av kvotehandelssystemet vil staten ikkje kjøpe kvotar frå hydrofluorkarbonprosjekt, og adipinsyreprosjektet frå kolbasert energiproduksjon utan karbonfangst og -lagring.
I samsvar med drøftinga i Prop. 26 S (2014 – 2015) er budsjetta for 2014 og 2015 basert på at ein vil trenge 60 mill. kvotar samla for perioden 2013 – 2020 for å oppfylle dei norske skyldnadene under Kyotoprotokollen. Det faktiske behovet for kvotar kan bli både mykje høgare og mykje lågare enn dette. Kjøpsbehovet er særleg avhengig av utfallet av ei avklaring med EU om korleis EUs kvotesystem skal medverke til den norske oppfyllinga av Kyotoprotokollen. Det er uklart når prosessen med EU blir avslutta, men ein vurderer det som nødvendig å inngå kontraktar i 2015 og 2016 i samsvar med føresetnadene om eit kjøpsbehov på 60 mill. kvotar for perioden 2013 – 2020.
Det vart ikkje løyvd midlar til kvotekjøp i 2015, men det vart overført 138,6 mill. kroner i ubrukt løyving frå 2014. Vurdert på grunnlag av informasjon ein har ved utgangen av august 2015 ser det ut til at utbetalingane inneverande år vil bli på rundt 120 mill. kroner.
Det er svært krevjande å budsjettere utbetalingar for klimakvotekjøp. Kontraktane er utforma slik at ein betaler først når FN har utferda kvotane og prosjekteigar overfører kvotane til statens konto i det internasjonale kvoteregisteret. Før kvotar blir utferda må prosjekttiltaket ha verka over ein viss periode, ofte 6 eller 12 månader, og verknadene i form av reduserte utslepp må vere dokumenterte og verifiserte av eit uavhengig selskap som er godkjent av FN for å utføre denne oppgåva.
Klima- og miljødepartementet foreslår at det blir løyvd 270 mill. kroner til betaling for kvotar som blir leverte i 2016. Løyvinga skal dels gå til kontraktsforplikta betalingar for avtalar som allereie er inngått eller blir inngått i 2015 under fullmakter Stortinget har gitt departementet. Det er også innarbeidd eit overslag over utbetalingar under nye kontraktar som er planlagt inngått i 2016, og som er nødvendig for å sikre at Noreg oppfyller sine skyldnader under Kyotoavtalen.
I visse høve vil det vere ønskjeleg å betale ein viss del på forskot, mellom anna ved deltaking i fond under Verdsbanken. I samsvar med tidlegare praksis kan det òg bli aktuelt å betale eit mindre forskotsbeløp for å dekkje ymse administrasjonskostnader for andre kjøp. Forvaltningskostnader til NEFCO, Verdsbanken og eventuelle andre forvaltarar vert òg ført på denne posten.
Det kan vere føremålstenleg å endre samansetjinga av porteføljen til staten. Det kan ein gjere ved å selje vidare kontraktar for enkelte prosjekt, ved å selje framtidige volum frå enkelte prosjekt, eller ved å selje kvotar i marknaden for kvotar med garantert levering (andrehandsmarknaden). Den slags sal kan vere ønskjeleg for å gjere tilpassingar i porteføljen, for eksempel for å få betre risikospreiing ved å kjøpe frå prosjekttypar og land som er underrepresenterte i porteføljen, eller for å tilpasse volumet til oppdaterte overslag over levering og kjøpsbehov. Det kan òg vere aktuelt å styre denne eksponeringa gjennom avleidde instrument, for eksempel bytteavtaler. Klima- og miljødepartementet ber derfor om fullmakt til å selje kvotar og å nytte salsinntekta til å kjøpe nye kvotar utover det som er løyvd, jf. forslag til romartalsvedtak III.
Til liks med tidlegare år ber Klima- og miljødepartementet om fullmakt til å inngå avtalar som overstig kjøpsbehovet på 60 mill. kvotar. For å sikre at ein får levert eit tilstrekkeleg mange kvotar er det nødvendig å inngå avtaler for levering av meir enn 60 mill. kvotar. Basert på erfaringar reknar ein med at ein i gjennomsnitt berre får levert tre firedeler av kontraktsvolumet. I første Kyotoperiode fekk ein berre levert om lag halvparten av det volumet ein hadde avtalt. Ein har så langt i hovudsak inngått avtaler med meir modne prosjekt enn tilfellet var i første runde, jamfør at ein større del av avtalene knyter seg til prosjekt som allereie er FN-godkjende. På denne bakgrunnen ber ein om ei rommeleg fullmakt til å inngå avtaler i 2016, på same nivå som i 2015. Denne ramma vil omfatte betalingar som knyter seg til avtaler som er inngått i 2016 og tidlegare år, og som vil gi utbetalingar i 2017 og seinare år, jf. forslag til romartalsvedtak IV.
Rapport 2014
Kvotar blir for tida kjøpte gjennom fond i Verdsbanken (Carbon Partnership Facility), Det nordiske miljøinvesteringsfondet, NEFCO (NEFCO Carbon Fund og Norwegian Carbon Procurement Facility), og ved at departementet inngår avtaler direkte med prosjekteigarar. Oversikt over inngåtte avtaler ligg på www.carbonneutralnorway.no og heimesidene til Klima- og miljødepartementet.
Kap. 4481 Sal av klimakvotar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
01 | Salsinntekter | 28 | 335 500 | 1 854 385 |
Sum kap. 4481 | 28 | 335 500 | 1 854 385 |
Post 01 Salsinntekter
EUs reviderte kvotedirektiv, med underordna rettsakter, vart innlemma i EØS-avtala i juli 2012. Reglane er harmoniserte på EU-nivå og inneber m.a. at kvoteplikta skal utvidast til å gjelde fleire sektorar og klimagassar. Kvotar som ikkje vert tildelte gratis, skal seljast i den europeiske marknaden. Kommisjonen har fordelt mengda av kvotar som skal seljast etter ein bestemt fordelingsnøkkel. Noreg sin del av totalt salsvolum er om lag 0,75 pst.
Frå 2013 skal sal av klimakvotar skje ved auksjonar. Noreg skal delta på ei felleseuropeisk auksjonsplattform der kvotane vert selde til høgstbydande gjennom jamlege auksjonar. Prosessen med å knytte seg til denne auksjonsplattforma, som for tida er European Energy Exchange (EEX) i Leipzig, har teke lengre tid enn føresett. Dette skuldast mellom anna diskusjonar omkring EØS-rettslege spørsmål. Basert på kommisjonens overslag vert det lagt til grunn eit sal på 6,2 mill. kvotar i 2016. Ut frå status i dialogen med EU-kommisjonen har ein lagt til grunn at ein ikkje får til ei avtale med EEX om tilknyting til auksjonsplattforma i løpet av 2015, og at kvotane som skulle seljast i 2015, til saman 18,5 mill., blir selde i 2016 saman med 2016-volumet. I tillegg kjem sal av luftfartskvotar, i underkant av 1 mill. kvotar. Med utgangspunkt i prisane sommaren 2015 har ein i budsjettet lagt til grunn ein kvotepris på om lag 72 kroner. Prisane i denne marknaden svingar sterkt, og overslaget er derfor usikkert.
Kap. 1482 Internasjonale klima- og utviklingstiltak
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2014 | Saldert budsjett 2015 | Forslag 2016 |
01 | Driftsutgifter | 66 995 | 82 614 | 93 855 |
73 | Klima- og skogsatsinga, kan overførast | 3 366 924 | 2 909 998 | 2 901 898 |
Sum kap. 1482 | 3 433 919 | 2 992 612 | 2 995 753 |
Forvaltinga av klima- og skogsatsinga har frå 1. januar 2014 vore samla i Klima- og miljødepartementet. Dagens organisering der ansvaret for satsinga er samla i eitt departement er vurdert som effektivt og gir klarare ansvarsforhold enn tidlegare delt organisering mellom Klima- og miljødepartementet og Utanriksdepartementet.
Post 01 Driftsutgifter
Posten omfattar driftsmidlane knytte til regjeringas klima- og skogsatsing. Posten dekkjer alle driftskostnader til satsinga, under dette lønn, administrasjon, reiseutgifter, informasjonsverksemd, evalueringar m.v. i Klima- og miljødepartementet, Utanriksdepartementet (med ambassadane) og Norad. I tillegg dekkjer løyvinga kjøp av varer og tenester knytte til drift, slik som utgreiingar, verifiseringsoppdrag, konsulenttenester, seminar og internasjonale møte m.v.
For 2016 er det foreslått ei løyving på 93,86 mill. kroner på posten. I medhald av OECD/ DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjente utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 01 er godkjent som utviklingshjelp. Posten er auka med 11,24 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2015. Til saman 3,47 mill. kroner blir rammeoverført frå Utanriksdepartementets budsjett (1,2 mill. kroner frå kap. 140, post 01 og 2,3 mill. kroner frå kap. 141, post 01, jf. Revidert nasjonalbudsjett for 2015). Midlane dekkjer driftsutgifter i Norad og Klima- og miljødepartementet knytte til satsinga. Etter dette er alle utgifter til klima- og skogsatsinga dekte over Klima- og miljødepartementets budsjett.
Til saman 8,1 mill. kroner blir overført til posten frå kap. 1482, post 73. Av desse er 4 mill. kroner utgifter til evalueringar av satsinga. Norads følgjeevaluering av klima- og skogsatsinga som kom i 2014 viste eit behov for å styrkje satsingas nærvær i partnarlanda. I 2015 er det oppretta nye spesialutsendingar for klima- og skog ved ambassadane i Hanoi, Vietnam og Bogotá, Colombia. Også i Indonesia er nærværet styrkt. Stillingane har heilårsverknad i 2016. Til saman er posten styrkt med 2,8 mill. kroner for å styrkje nærværet i partnarlanda til klima- og skogsatsinga. Fallet i kronekursen i 2014 og 2015 har medført at driftskostnadene i landa der klima- og skogsatsingas spesialutsendingar er plasserte har auka meir enn vanlig priskompensasjon på posten. For å dekke opp for dette er 1,3 mill. kroner overført til posten frå kap. 1482, post 73. Posten er redusert med 0,3 mill. kroner på grunn av avbyråkratiserings- og effektiviseringsreformen.
Klima- og skogsatsinga er eit internasjonalt nybrottsarbeid. Å drive dette arbeidet framover er krevjande, både politisk og fagleg. Tilgang til variert og høg kompetanse og kapasitet gjennom målretta bruk av eksterne fagmiljø er avgjerande for å lykkast. Dette gjeld både for å drive det globale arbeidet med løysingsutvikling og klimapolitisk konsensusbygging vidare, og for å kunne støtte partnarland sitt arbeid med å utvikle og implementere sine klima- og skogstrategiar, jf. tilrådingane i evalueringane.
Rapport 2014
Kap 1482, post 01 har blitt nytta til løns- og driftsutgifter for klima- og skogsatsinga. Midlane dekkjer løns-, drifts- og reiseutgifter til satsinga i Klima- og miljødepartementet, Utanriksdepartementet, Norad og ved norske utanriksstasjonar som forvaltar midlar for klima- og skogsatsinga.
Klima- og skogsatsinga samarbeider med ei rekkje partnarland og organisasjonar internasjonalt. Dette inneber å delta på og arrangere internasjonale møte og konferansar, og prosessar for å etablere internasjonalt samarbeid, ofte med fleire aktørar. Midlar på posten har vore brukt til å dekkje utgifter knytte til å fremje slike arrangement, medverke til konsensusbygging, utvikle analysar og løysingar m.m. Midlar har òg vore brukte til å innhente eksterne vurderingar av partnarlands framdrifts- og utsleppsrapportar. Klima- og skogsatsinga inngjekk i 2014 ei rekkje bilaterale og multilaterale avtaler om norsk støtte til arbeid for skogbevaring og mot avskoging. Bl.a. for å understøtte avtaleforhandlingane og etablere avtalene har det vore behov for å kjøpe konsulenttenester internasjonalt. Tenestene har i hovudsak vore finansierte over driftsposten.
Post 73 Klima- og skogsatsinga, kan overførast
For 2016 er foreslått løyvd 2 901,898 mill. kroner på posten.
I medhald av OECD/ DACs direktiv kan visse utgifter godkjennast som offisiell utviklingshjelp (ODA-godkjente utgifter). Heile løyvinga på kap. 1482, post 73 er godkjent som utviklingshjelp.
Mål
Tilskotet skal medverke til:
at det internasjonale klimaregimet er eit effektivt verkemiddel mot CO2-utslepp frå avskoging og skogdegradering
kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland
å bevare naturskog i utviklingsland for å sikre denne skogen si evne til å lagre karbon
Desse måla skal vere styrande for ressursbruk og prioriteringar, og vedtak om igangsetjing, vidareføring eller endring av støtte. Det er eit overordna mål for norsk utanriks- og utviklingspolitikk å medverke til berekraftig utvikling og reduksjon av fattigdom. For norsk klimapolitikk er det eit overordna mål å medverke til å få på plass eit effektivt globalt, bindande og langsiktig regime for reduksjon i utslepp av klimagassar. Desse er derfor naturlege overordna mål for klima- og skogsatsinga. Langsiktig bevaring av skog er avhengig av at det blir oppnådd resultat også på andre område enn reduserte utslepp av klimagassar. Klima- og skogsatsinga skal derfor gjennom arbeidet òg medverke til bevaring av naturskog, berekraftig utvikling og styrking av politisk og økonomisk styresett i naturressursforvaltninga og arbeide for å sikre rettane til lokalsamfunn og urfolksgrupper. I arbeidet for å nå måla skal klimapolitikken og utviklingspolitikken underbyggje kvarandre.
Tildelingskriterium
Tilskotet dekkjer tre kategoriar av tiltak: betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, finansiering av program- og prosjektporteføljar og fondsoppbygging. I tillegg skal tilskotet medverke til å utvikle og å spreie kunnskap som bidrar til å nå klima- og skogsatsinga sine mål. Kriterium for utbetaling av tilskot i kvar kategori er beskrive under.
Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar
Eitt av klima- og skogsatsinga sine hovudmål er reduksjon av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. Tildelingskriterium for tilskotsmidlar er verifiserte reduksjonar av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog. Utbetaling er avhengig av effektive og robuste system for å måle og verifisere resultat, og storleiken på utbetalinga må stå i eit rimeleg forhold til det oppnådde resultatet. Blir det ikkje levert dokumentasjon på reduserte utslepp eller auka klimagassopptak i skog, skal midlane ikkje utbetalast. Sjå omtale av måling, rapportering og verifisering (MRV) under rapport for 2014.
Finansiering av program- og prosjektporteføljar
For å nå måla om utsleppsreduksjonar gjennom bevaring av naturskog er det i mange land behov for førebuande innsats for å starte dei nødvendige prosessane, etablere strategiar og arenaer. For å få resultat av satsinga og sikre framdrift i arbeidet, er eit godt forvaltningsregime ein føresetnad. Klima- og skogsatsinga vil derfor søkje å styrkje gjennomføringstakten og hindre forseinkingar ved å medverke til reformer og institusjonsbygging i mottakarlanda. Dette vil òg imøtekomme forventningar og behov i mottakarlanda og styrkje moglegheitene for varig betra skogforvaltning.
Målgruppe for tilskot er styresmakter, organisasjonar og grupper som blir påverka av tiltak for reduksjon i avskoging og effektane av reduserte klimautslepp, og andre aktørar som kan medverke til måloppnåing.
Midlane skal nyttast til prosjekt eller program som fremjar institusjonsbygging, planprosessar, kartleggingsarbeid, kompetansebygging, kunnskapsutvikling eller liknande, som medverkar til at måla for tilskotsposten blir nådde. Utbetaling direkte til mottakar finn stad når det er behov for å dekkje faktiske utgifter over ein periode på normalt seks månader eller mindre, og vilkåra elles i avtalen er oppfylte. Midlane kan nyttast til tiltak som fremjar samarbeid med privat sektor og som styrkjer insentiva for privat sektor til å investere i berekraftig og avskogingsfri produksjon av råvarer.
Fondsoppbygging (multilaterale satsingar) for framtidige utbetalingar for verifiserte utsleppsreduksjonar
Fondsoppbygging skal vurderast separat for kvart enkelt tilfelle, og berre når følgjande kriterium er oppfylte:
Betaling for resultat. Unntak bør avgrensast til initiativ der Noreg medverkar til å byggje opp fond med eksplisitt formål å betale for framtidige verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog.
Noregs rolle er ikkje av ei slik art at vi åleine kan bestemme utbetalingspraksis. Nye unntak skal berre vurderast for initiativ der Noreg må ta omsyn til ein eller fleire andre store bidragsytarar og/eller multilaterale samarbeidspartnarar sin praksis og behov. Noreg skal i forhandlingar først ha forsøkt å få gjennomslag for at midlane blir utbetalte til fondet etter at utsleppsreduksjonane er oppnådde.
Forsvarleg forvaltning. Det må etablerast juridiske rammeverk knytte til fonda som sikrar god forvaltning av midlane. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar skal Noreg forsøke å etablere felles forvaltningskrav som sikrar effektiv forvaltning.
I enkelte internasjonale organisasjonar kan det vere vanskeleg for Noreg å få gjennomslag for å følgje våre reglar om utbetaling etter behov og i terminar. Primært vil dette vere i tilfelle der fondsforvaltar ønskjer forskotsvise utbetalingar for å inngå juridisk forpliktande avtaler med tropiske skogland om framtidig kjøp av verifiserte utsleppsreduksjonar. Når Noreg ikkje finansierer klart avgrensa prosjekt, blir det vurdert om Klima- og miljødepartementet skal få høve til å tilpasse utbetalingane til den enkelte organisasjonen sitt regelverk. Slik utbetaling krev unntak frå føresegnene i stortingsvedtak av 8. november 1984 om utbetaling av gitte tilskotsløyvingar. Sjå forslag til romartalsvedtak VIII for klima- og miljødepartementet. Klima- og skogsatsingas krav om at midlane skal rapporterast som bistand vil stå fast, og andre krav i økonomireglementet til forvaltning av tilskot vil bli følgde.
Utvikle og spreie kunnskap om klima- og skogsatsinga sine mål
Norads følgjeevaluering av klima- og skogsatsinga og ei strategisk evaluering av satsinga (Lash-rapporten), begge frå 2014, tilrådde at resultata av klima- og skogsatsinga vart kommunisert betre ut. I revidert nasjonalbudsjett i 2015 vart derfor formålet med tilskotet utvida slik at det dekkjer tiltak som medverkar til å spreie kunnskap som er relevant for klima- og skogsatsingas tre målsetjingar som beskrivne over. Endringa blir ført vidare i 2016. Det kan søkjast om tilskotsmidlar til kunnskapsformidling retta mot endringsaktørar og premissleverandørar globalt eller nasjonalt, mot marknadsaktørar og mot befolkning i skogland, givarland eller globalt. Tiltak med mål om å formidle kunnskap kan få tilskot. Opplæring og kunnskapsproduksjon kan inngå som ein del av prosjektet.
Etter fleire år med erfaringar frå pilottiltak for REDD+ arbeid globalt, og med REDD+ som ein viktig del av eit nytt klimaregime, er det no eit godt grunnlag for å investere i styrkt forsking på dette feltet. For å sikre ei meir effektiv og varig gjennomføring av tiltak for redusert avskoging er det naudsynt med oppdatert kunnskap, mellom anna om utviklinga i global avskoging og kva for tiltak som har best effekt. Forsking på REDD+ vil betre avgjerdsgrunnlaget for regjeringa og for andre internasjonale og nasjonale aktørar på feltet. Arbeidet med å redusere avskoging vil dermed kunne få større effekt for både berekraftig utvikling og klima. Regjeringa foreslår å lyse ut forskingsmidlar til tema relaterte til reduserte klimagassutslepp frå avskoging og skogdegradering i utviklingsland. Regjeringa vil sjå satsinga i samband med den samla forskingsinnsatsen på klima, og leggje vekt på internasjonalt samarbeid i satsinga på forsking. Forskingsrådet vil forvalte midlane.
Oppfølging og kontroll
For kvar utbetaling skal det rapporterast på oppnådde resultat i samsvar med dei inngåtte avtalene og dei klimapolitiske måla. Tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar.
Betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar skjer etterskotsvis. Utbetalingane vil skje til fond, som vil vere tilskotsmottakar. I tilfelle med delegert samarbeid med andre givarar der etterskotsvis betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar er praktisert, vil tilskotsmottakar vere den parten som er delegert forvaltninga. Klima- og miljødepartementets ansvar knytte til oppfølging av midlane er derfor avgrensa til oppfølging av avtala mellom Noreg og mottakar. Mottakaren sine vidare tilskotsavtaler er ikkje regulerte av reglane om tilskotsforvaltning i det norske økonomiregelverket. Eit eksempel på eit slikt fond er Brasils Amazonas-fond, administrert av Den brasilianske utviklingsbanken.
Avtaler om utbetalingar til fond må gi høve til kontroll og tilbakebetaling av tilskotet innanfor eit rimeleg tidsrom dersom det ikkje er forvalta i tråd med intensjonen. Alle utbetalingar under klima- og skogsatsinga skal kunne klassifiserast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Ved utbetalingar til fond må det avtalast at fondet berre kan bruke norske midlar på tiltak som er godkjente som offisiell bistand. I tillegg skal avtalene fastslå at tilskotsmottakarar skal ha sikringsmekanismar mot korrupsjon og negative sosiale og økonomiske konsekvensar i deira vidare utbetalingar til ODA-godkjente aktivitetar, og at det blir rapportert på oppnådde resultat. Avtalene skal vidare medverke til klima- og skogsatsinga sine mål om reduserte klimagassutslepp, biologisk mangfald og berekraftig utvikling. Dersom midlane er forvalta i felles fond med fleire bidragsytarar skal Noreg forsøke å etablere felles forvaltningskrav som syter for effektiv forvaltning.
Rapport 2014
Brasil
Partnarskapet med Brasil medverkar til å oppnå satsinga sine målsetjingar om at «skogland har oppnådd reduserte utslipp fra skog» og «skogland ivaretar naturskog», sjå figur 7.1. I tråd med avtala om å betale for verifiserte resultat blir årlege norske bidrag til Amazonasfondet fastsette basert på resultata oppnådd i form av reduserte utslepp frå avskoging i Brasil føregåande år. I skogåret 2013 var avskoginga 5 891 km2, og ein auke i avskoga areal på 28 – 29 pst. samanlikna med 2012. Like fullt representerer resultatet det nest lågaste talet sidan målingane starta i 1988. I skogåret 2014 sank avskoginga igjen. Avskoga areal var da 5 012 km2, ein nedgang på 15 pst. samanlikna med 2013.
Noreg utbetalte 900 mill. kroner til Amazonasfondet for skogåret 2013. Delar av utbetalinga måtte utsetjast til starten av 2015 på grunn av svekt kronekurs hausten 2014. Sjølv om det reint metodisk ville vere fullt mogleg å utbetale det same beløpet til Brasil for skogåret 2013 som for dei føregåande åra (ein milliard kroner), bestemte Klima- og miljødepartementet å justere bidraget noko ned for å reflektere det faktum at trenden med stadig lågare avskoging vart broten.
Partnarskapet med Brasil medverkar òg til å nå målsetjinga om «bedre styresett i gjennomføringen av skog- og arealforvaltning» gjennom støtta som er gitt til prosjekt frå Amazonasfondet. Fondet prioriterer støtte til prosjekt som er i tråd med Brasils nasjonale planar og program for redusert avskoging, og som er strategisk viktige for å fremje berekraftig utvikling og å minimere avskoginga. Amazonasfondet hadde låg utbetalingstakt i dei første åra etter oppstarten. Fondet har arbeidd kontinuerleg med dette, og prioritert arbeidet med å effektivisere prosjektbehandlingssyklusen. Noreg har medverka aktivt i ei rekkje prosessar knytte til vidareutviklinga av Amazonasfondet i 2014. Den norske ambassaden i Brasilia har saman med Klima- og miljødepartementet og Norad arbeidd for å styrkje prosjektutviklinga gjennom mogleg samfinansiering av det tyske forvaltningsorganet GIZ sin tekniske støtte til Amazonasfondet, og har òg hatt dialog med den brasilianske utviklingsbanken BNDES om andre mekanismar og tiltak som kan medverke til å oppnå det same. Pr. desember 2014 hadde Amazonasfondet godkjent 69 prosjekt til ein samla verdi av ca. 3 mrd. kroner. Av desse hadde 54 prosjekt hadde motteke utbetalingar i 2014. Utbetalingar til prosjekt i 2014 var det dobbelte av det som vart utbetalt i 2013, og beløpet tilsvarer 75 pst. av all utbetaling som vart gjort til prosjekt mellom 2010-2013. Fondet har hatt ein svært god framgang både når det gjeld talet på nye godkjente prosjekt og utbetaling til prosjekt.
Etter kvart som fondet sin prosjektportefølje veks, vil den norske støtta få stadig større direkte betydning for Brasils vidare innsats og resultat i kampen mot avskoging og for berekraftig utvikling. I ein artikkel i tidsskriftet Science publisert i juni 2014 konkluderer forskarane med at eksterne bidrag til Amazonasfondet kan bli svært viktige for å sikre vidare redusert avskoging i framtida.
Den norske støtta til Amazonasfondet medverkar vidare til å nå målsetjinga om etablering av system for måling, rapportering og verifisering (MRV) av utslepp frå skog også internasjonalt. Opptil 20 pst. av fondets utbetalingar er øyremerkte prosjekt som har som formål å medverke til utviklinga av MRV-system i andre tropiske land. I slutten av 2013 godkjende Amazonasfondet sitt første internasjonale prosjekt i regi av Amazon Cooperation Treaty Organization (ACTO). Formålet med prosjektet er å medverke til å utvikle system for overvaking av avskoging og endringar i areal- og skogsbruk i følgjande ACTO medlemsland: Bolivia, Colombia, Ecuador, Guyana, Peru, Surinam and Venezuela.
Guyana
Partnarskapet med Guyana medverkar til å oppnå klima- og skogsatsinga sine målsetjingar om at «skogland har oppnådd reduserte utslipp fra skog» og «skogland ivaretar naturskog», sjå figur 7.1. Verifiserte målingar viser at Guyanas avskogingsrate ligg relativt stabilt på eit svært lågt nivå, og at det er meir truleg at avskoginga gjekk ned frå 2012 til 2013, enn at den gjekk opp. Partnarskapet medverkar også til å nå målsetjinga om «bedre styresett i gjennomføringen av skog- og arealforvaltning» gjennom positive framsteg knytte til styresett og inkludering. I mai 2015 var det val på ny president i Guyana. For første gong på 23 år vart regjeringa skifta ut.
Noreg er i tett dialog med den nye regjeringa og presidentkontoret om deira prioriteringar for partnarskapet.
Målsetjinga om at «systemer for måling, rapportering og verifisering av utslipp fra skog er etablert» er godt oppfylt i partnarskapet med Guyana. Guyana leverte sitt referansenivå for skogdata til klimakonvensjonen (UNFCCC) under klimatoppmøtet i Lima i desember 2014, som eit av dei første landa i verden.
Noregs bidrag til Guyana vert vanlegvis utbetalt til Guyana REDD+ Investment Fund og skal nyttast til landets lavkarbonutvikling. Utbetalingane frå fondet har tatt lengre tid enn venta og berre eit prosjekt var godkjend i 2014. Noreg er i dialog med guyanske myndigheter for å betre utbetalingstakten.
I 2014 overførte Noreg 562 mill. kroner til den Inter-amerikanske utviklingsbanken (IDB) i Guyana, som betaling for Guyanas avskogingsresultat i 2011 og 2012. Guyana si førre regjering ønska å bruke midlane til kjøp av eigardelar i vasskraftprosjektet Amaila Falls. Den nye regjeringa må ta stilling til om dei ønskjer det same. Midlane vil berre blir utbetalte til prosjektet dersom det blir godkjent av IDBs styre og på Noregs eksplisitte tilslutning. Vasskraftprosjektet er svært komplekst og skal etter planen finansierast av fleire ulike aktørar, både private og offentlege. Prosjektet vil gi direkte effekt på Guyanas utslepp av CO2 og vere av stor betyding for sosial og økonomisk utvikling i Guyana.
Det vart i 2014 utbetalt nesten 577 mill. kroner til saman frå klima- og skogsatsinga til Guyana.
Peru
Peru er eit av verdas mest skogrike land. Samarbeidet med Peru medverkar til å nå klima- og skogsatsinga sine mål om at «skogland har oppnådd reduserte utslipp fra skog» og «skogland ivaretar naturskog». Dette skjer gjennom følgjande milestolpar i satsinga sitt resultatrammeverk (sjå figur 7.1): innføre og implementere politikkreformer for berekraftig land- og arealbruk, betre styresettet i gjennomføringa av skog- og arealforvaltning, arbeide for at privat sektor og styresmakter samarbeider om å redusere avskoging, etablere system for måling, rapportering og verifisering av utslepp frå skog.
Noreg, Peru og Tyskland skreiv i september 2014 under på ei intensjonserklæring for reduserte utslepp i skogsektoren. Givarsamarbeidet er ei konkret oppfølging av givarane sitt løfte frå 2014 om å samarbeide for ei auka og føreseieleg finansiering av REDD+. Ifølgje avtala skal Peru i perioden 2015 – 2017 setje i verk ambisiøse tiltak for å redusere avskoging. Perus styresmakter har bl.a. forplikta seg til å publisere ein strategi for skog og klimatiltak, betre deltaking og eigarrettar for urfolk, og samarbeide med privat sektor. Det skal òg etablerast gode system for måling, verifisering og rapportering av avskoging. Enkelte av tiltaka skal innførast allereie i 2015. Noreg har på si side lova å betale for resultat: inntil 300 millionar norske kroner kan tilfalle Peru før 2017 dersom det gjennomfører tiltaka dei har lova. Frå 2017 – 2020 blir det berre betalt for reduserte klimagassutslepp, med inntil 1,5 milliardar kroner.
Indonesia
Indonesia er det regnskoglandet som har størst klimagassutslepp. Ein av hovudårsaka er svært høg avskoging og drenering av torvmyr. Det finnes framleis ikkje offisielle, verifiserte tal på at Indonesia har redusert utslipp fra skog. Studiar av World Resources Insitutes' Global Forest Watch tyder på at avskoginga i Indonesia held seg på eit stabilt, høgt nivå, også i 2014. I mediebiletet er det rapportert at landets moratorium på nye hogstkonsesjonar i primærskog har medverka til at konsesjonar som elles ville blitt gitt, no ikkje blir stetta. Det kan i så fall tyde på at Indonesia medverkar til målet om at «skogland ivaretar naturskog». Dette kan ikkje verifiserast før offisielle tal eksisterer.
Partnarskapet med Indonesia medverkar til å nå milestolpen «policy for bærekraftig skog- og arealbruk i skogland» ved at dei elleve største skogprovinsane i Indonesia ferdigstilte sine REDD+-strategiar, basert på den nasjonale REDD+-strategien som vart ferdigstilt i 2012. Partnarskapet medverkar til å nå milestolpen «effektiv gjennomføring av ny policy for bærekraftig skog- og arealbruk», blant anna gjennom overvaking av skogbrannar, som har vore viktig i arbeidet med å forebyggje brannene. Med lanseringa av eit nytt, felles kart over skog, konsesjonar og verneområde, og større inkludering av sivilsamfunnet i sitt arbeid, medverka partnarskapet til å nå milestolpen «betre styresett i gjennomføringen av skog- og arealforvaltning». I medhald av den bilaterale avtala med Indonesia utbetalte Noreg 93 mill. kroner for førebuande arbeid for utsleppsreduksjonar i 2014.
Dei største indonesiske palmeoljeselskapa har forplikta seg til null avskoging i sine verdikjeder og har gått saman med det indonesiske handelskammeret (Kadin) om å medverke til å påverke styresmaktene til å endre lovgivinga i berekraftig retning. Tilsvarande forpliktingar er gjort av enkeltaktørar i papirindustrien. Partnarskapet har gjennom dialog og å støtte relevante endringsaktørar medverka til å nå milestolpen «Privat sektor jobber mot avskoging».
Indonesias REDD+ Agency var sentral i partnarskapet si resultatoppnåing i første halvdel av 2014. Andre halvdel vart preget av stillstand og uvisse i for- og etterkant av presidentvalet, og dertil varsla store institusjonelle endringar på tampen av året.
For å kjempe mot dei store øydeleggingane av skog- og torvmyrbrann, lanserte REDD+ Agency i 2014 eit overvakingssystem for skogbrannar i den mest utsette provinsen Riau, med direktelinje til alle aktuelle partar som visepresident, nasjonale beredskapsstyresmakter, distriktsstyresmakter, brannvern, politi, og selskap med lisensar i området. Samtidig utførte dei kontrollar av selskap for å sjekke om dei følgjer brannforskriftene. Dette har styrka arbeidet med å forebyggje skogbrannar i provinsen.
For å medverke til meir openheit og betre gjennomføring av skog- og arealforvaltninga, lanserte REDD+ Agency i 2014 eit felles og transparent kart for alle sektorar. I tillegg lanserte dei eit informasjonssystem for lisensar i skogsområde til bruk for offentlege etatar. Det vart etablert betre rutinar for innrapportering av brot på hogstmoratoriet, og starta etterforsking av brot. Regjeringa vedtok ny regulering på torvmyr som gjeld behov for kartlegging, og bevaring og berekraftig bruk. Tolv ministrar vart samde om å få fortgang i oppmåling av statleg eid skog. Til trass for nokre framsteg i nasjonale forhandlingar, vart det ikkje etablert ein REDD+ finansieringsmekanisme.
I løpet av 2014 var styresett betra gjennom aktiv deltaking av sivilsamfunn og urfolksgrupper i REDD+ arbeidet organisert under REDD+ Agency. Det vart starta kartlegging av landområde som tradisjonelle grupper har krav på, og utvikling av pilotar på mekanismar for konfliktløysing.
PISAgro (Partnership for Indonesia`s Sustainable Agriculture) har etablert samarbeid i jordbrukssektoren mellom offentlege og private. Private selskap sine forpliktingar om avskogingsfrie verdikjeder kan knytast til dette samarbeidet.
Indonesias nye regjering fører vidare landets ambisiøse klimamål. I tillegg til vidareføring og styrking av klima- og skogrelevante tiltak, gjenstår nokre meir institusjonelle utfordringar. REDD+ Agency er nedlagt av den nye regjeringa, og ansvaret for REDD+-arbeidet er lagt til det nyleg oppretta Miljø- og skogbruksdepartementet. I 2014 har det vore framgang i arbeidet med overvaking av indonesisk skog. Men det gjenstår å lage eit referansenivå for reduserte utslepp, å bestemme og setje i verk eit system for måling, rapportering og verifisering, og ein mekanisme for å ta imot og kanalisere REDD+-finansiering.
Det vart i 2014 utbetalt til saman 123,5 mill. kroner frå klima- og skogsatsinga til Indonesia.
Vietnam
Det bilaterale samarbeidet med Vietnam, med UN-REDD som implementeringspartnar, har særleg medverka mot målsetjingane «effektiv gjennomføring av ny policy for bærekraftig skog- og arealbruk» og «bedre styresett i gjennomføringen av skog- og arealforvaltning», sjå figur 7.1.
Vietnam har vedteke ambisiøse planar for reduksjon av klimagassutslepp, og skal redusere sine utslepp i skog- og landbrukssektoren med 20 pst. innan 2020. Gjennom UN-REDD-programmet støttar Noreg tiltak for å auke nasjonal kapasitet for berekraftig skog- og arealbruk, bevare skogareal i minst seks provinsar i Vietnam, og å styrkje regionalt samarbeid i Mekongregionen for å redusere illegal handel med tømmer. Støtta er på 180 mill. kroner, og går fram til 2018.
Provinsen Lam Dong vedtok i 2014 som første provins i UN-REDD-programmet ein handlingsplan for berekraftig skog- og arealbruk. Planen stakar ut ein kurs for korleis skogbevaring skal følgjast opp av dei lokale styresmaktene. Med assistanse frå UN-REDD-programmet inkluderer handlingsplanen òg bestemte tiltak for korleis begge kjønn skal ta del i arbeidet. Med erfaring frå Lam Dong vil dei resterande fem pilotprovinsane no etablere eigne REDD+-handlingsplanar.
Eit godt styresett er ein føresetnad for effektiv implementering av slike handlingsplanar og eit krav for å få tilgang til resultatbasert finansiering i framtida. I løpet av 2014 har ei gruppe frå både det sivile samfunn, lokale styresmakter og urfolksgrupper i Lam Dong saman samla inn data og blitt samde om kva dei store utfordringane for godt styresett er i provinsen. Denne deltakande prosessen er eit viktig resultat i seg sjølv i eit land som ikkje har tradisjon for deltakande prosessar, og vil bli oppskalert til tre nye provinsar over dei neste åra.
Ei ekstern evaluering av støtta til UN-REDD-programmet i Vietnam hausten 2014 peikte på utfordringar knytte til blant anna FN-organisasjonane si koordineringsevne og vietnamesiske styresmakter si avgjerdstaking. Tilrådingane i evalueringa har blitt følgt opp gjennom dialog med vietnamesiske styresmakter og UN-REDD-programmet.
Det vart i 2014 utbetalt 50 mill. kroner frå klima- og skogsatsinga til Vietnam.
Etiopia
Etiopias klimastrategi henger nært saman med landet sin ambisjon om å bli eit mellominntektsland innan 2025. Visjonen om berekraftig utvikling er basert på at bruk av landet sine naturressursar ikkje må overgå tåleevna og at landet skal satse på grøn vekst for å nå sine økonomiske målsetjingar. Samarbeidet med Etiopia byggjer opp under klima- og skogsatsing sine mål om utvikle og gjennomføre ein policy for berekraftig skog- og arealbruk, og å etablere system for måling, verifisering og rapportering av utslepp frå skog, sjå figur 7.1. Innsatsen medverkar òg til betre styresett, og samla til berekraftig økonomisk utvikling.
Klimapartnarskapet med Etiopia består av dei tre pilarane skog, rein energi og landbruk. Avtaler er utarbeidd under alle tre pilarane, og dei skal byggje opp under kvarandre. Ved klimakonferansen i Lima underteikna Noreg, Sverige, Danmark, Frankrike, Tyskland og Storbritannia ei erklæring om å støtte Etiopias ambisjonar om grøn vekst og landets grøne fond (CRGE-fasiliteten), som skal kanalisere finansiering av Etiopias grøne vekststrategi. Fleire land kan komme til å slutte seg til erklæringa.
Klimapartnarskapet er utvikla til ei plattform for nært samarbeid med Etiopia, som ein sentral aktør i regionen og i internasjonale klimaspørsmål. Arbeidet har medverka til ferdigstilling av Etiopias nasjonale REDD+ Readiness program med teknisk støtte til det nyoppretta Miljø- og Skogdepartementet og REDD-sekretariatet. Støtta medverka til utforminga av ein REDD+ Pilot i Oromia-regionen og ferdigstilling av eit vegkart som bl.a. vil føre til ei kartlegging av referansenivå og førebu resultatbaserte utbetalingar for oppnådde reduksjonar av klimagassutslepp. Vidare har Noreg via UNDP medverka med kapasitetsbygging for å operasjonalisere det nasjonale grøne fondet for å finansiere og målstyre grøne tiltak mot Etiopias grøne vekstmål i CRGE-strategien og i det fleirårige budsjett- og planverket (GTP2). I 2014 er dette arbeidet støtta med noko over 30 mill. kroner.
Partnarskapsavtala på skog (REDD+) frå 2013 er godt følgt opp av etiopiske styresmakter med etablering av ein nasjonal REDD+-strategi, eit nasjonalt REDD-sekretariat og planlegging av ein større regional REDD+-landskapspilot under ein jurisdiksjon i Oromia med fokus på skogbevaring og avskogingsdrivarane som landbruk og energi. Etiopias nasjonale REDD+-strategi er på høyring. Arbeidet med ei ny skoglovgiving er godt i gang og ein skogsektorgjennomgang er i sluttfasen. Dette har medverka til at Etiopia har oppnådd gode resultat i fase ein i REDD-partnarskapsavtala som gav ei utbetaling til det grøne vekstfondet i 2014 på 30 mill. kroner. I første omgang er midlane øyremerkt kapasitetsbygging i det nye departementet for storstilt påskoging og restaurering av degraderte skogområde.
Noreg har støtta deltakande skog- og landbruksforvaltning i Bale økoregion der sivilt samfunn har delteke aktivt i utforming av ansvarsforhold og fordelingsmekanismar av gode som tilfell lokalbefolkninga. Skogsamarbeidet skal syte for at alle interessegrupper, inkludert lokalsamfunn, sivilsamfunn og kvinner kan delta fullt og effektivt. Noreg har forplikta seg til å finansiere heile den førebuande fasen av skogpartnarskapet, og samarbeider nært med Storbritannia, Verdsbanken og UNDP.
Det vart i 2014 utbetalt til saman 73 mill. kroner frå klima- og skogsatsinga til Etiopia.
Kongobassenget
Kongobassenget utgjer verdas nest største regnskogsområde, og dekkjer seks land i Sentral-Afrika. Gjennom det regionale tiltaket «Central Africa Regional Programme for the Environment» (CARPE), eit USAID-leia program, er det gjort framsteg når det gjeld betra skogforvaltning i åtte store landskap i regionen. Klima- og skogsatsinga støtta programmet med om lag 25 mill. kroner i 2014. Programmet byggjer opp under klima- og skogsatsinga sitt mål om utvikle og gjennomføre ein policy for berekraftig skog- og arealbruk, sjå figur 7.1. Betre forvaltningsplanar er tekne i bruk, metodar for berekraftig trekolproduksjon og forbruk er innførde, og kontroll og overvaking av verksemda i skogsområda i desse landskapa er auka. Metodikk for overvaking av avskogingsraten er under utbetring og foreløpige data indikerer at avskogingsraten i to av landskapa i Den demokratiske republikken Kongo (DRK) fall med 50 pst. frå 2000 til 2010.
Prosjekt finansiert gjennom Congo Basin Forest Fund (CBFF), som er administrerte av Afrikabanken, har medverka til storskala skogplanting. CBFF har òg teke ei leiande rolle i å sikre kvinner og urfolk si deltaking i REDD+-prosessar, og medverka gjennom kommunikasjon og studiar til auka kunnskap om skogressursane i Kongobassenget. Innsatsane skal medverke til å nå dei overordna måla om at skogland oppnår reduserte utslepp frå skog og å sikre ei berekraftig utvikling.
Framdrifta i fondet er likevel ikkje tilfredsstillande. Ein uavhengig gjennomgang av fondet i 2012 viste at fondet var svært relevant i regionen, men at dei positive effektane vart overskugga av store utfordringar i forvaltninga av fondet. Dette omfatta mellom anna operasjonelle utfordringar og svakheiter i forvaltninga av midlar til delar av porteføljen. Noreg og Storbritannia, dei to største givarane til CBFF, har som følgje av dette informert Afrikabanken om at støtta til fondet ikkje vil strekkje seg utover avtaleperioden som går ut i 2018 og at midler som ikkje er forplikta skal tilbakebetalast.
Liberia
Noreg og Liberia underskreiv i 2014 ei intensjonsavtale om eit skogsamarbeid. Avtala skal bl.a. medverke til betre skog- og arealforvaltning i Liberia, og å utvikle eit avskogingsfritt jordbruk. Noreg har lova opp til 1 mrd. kroner ut 2020. Av dette skal midlane dei seinare åra skal være betaling for resultat i form av reduserte utslapp av CO2 gjennom redusert skogdegradering og avskoging. Liberia har allereie i 2014 vist vilje til å prioritere skogforvaltninga, og å halde tilbake nye hogstkonsesjonar.
Tanzania
Den norske støtta til fleire REDD+-pilotar i Tanzania vart avslutta i utgangen av 2014. Sju av opphavleg ni pilotar har sluttført sine prosjekt. Pilotane er no under ei sluttevaluering, det vil bl.a. bli utarbeidd ein synteserapport/erfaringar på tvers av pilotprosjektane, som vil kunne ha overføringsverdi til andre land. Tidlege resultat frå sluttevalueringa viser at den norske støtta medverkar til at «systemer for måling, rapportering og verifisering av utslipp frå skog er etablert», men då på prosjektnivå. Totalt blir REDD+-pilotane vurderte til å ha medverka til reduksjon av i overkant av 700 000 tonn CO2 (berre delar av talet er uavhengig verifisert). Om lag 113 000 hektar skogareal er no omfatta av karbonavtaleregime. Fire av fem av pilotane som tok sikte på å selje karbon har sett i verk dei påkravde prosessane for verifikasjon av redusert utslepp av karbon med tanke på sal på den frivillige marknaden. Dette arbeidet viste seg å vere meir komplisert enn venta.
Tanzanianske styresmakter fatta i 2014 endeleg avgjerd om å opprette eit Nasjonalt overvakingssenter for karbon (NCMC). Etableringa av NCMC er ein kritisk byggjestein i det nasjonale systemet for måling, rapportering og verifisering. Gjennomføringa av Tanzanias REDD+-strategi og ein handlingsplan for REDD+ av 2013 begynte å materialisere seg i 2014, bl.a. ved at Landbruksdepartementet i sin langtidsplan for klimasmart landbruk (2015 – 2025) har integrert REDD+. Landbruk er ein av dei to største drivarane for avskoging i Tanzania.
Det vart i 2014 utbetalt i underkant av 62,4 mill. kroner frå klima- og skogsatsinga til Tanzania.
Mexico
Mexico har lenge hatt gode system for innsamling av skogdata. Skogdata angir kva skogtypar som finst, storleik på skogareal og aldersstrukturen i skogen. Det medverkar til å rekne ut kor mykje karbon som er lagra i skogen, og kor mye som blir sleppt ut frå år til år. Sidan 2010 har Noreg støtta Mexico med 90 mill. kroner for å samordne og betre systema sine for innsamling av skogdata. Forutan målet om betre og sikrare data, er føremålet at andre land i regionen kan lære av Mexicos erfaringar. Tiltaket har vore eit viktig bidrag til å nå målsetjinga om at «systemer for måling, rapportering og verifisering av utslipp frå skog er etablert, sjå figur 7.1». Saman med støtte frå Tyskland har Noreg medverka til at Mexico har eit nasjonalt skogovervakingssystem. Bl.a. som ein konsekvens av dette leverte Mexico sitt referansenivå for skogdata til klimakonvensjonen (UNFCCC) under klimatoppmøtet i Lima i desember 2014, som eit av dei første landa i verden. Referansenivået er av høg teknisk kvalitet, og andre land vil kunne bruke Mexicos erfaring på området.
Med finansiering frå det norskstøtta prosjektet har Mexico dei siste åra samla tekniske ekspertar frå landa i Mellom-Amerika og Colombia til utveksling av erfaringar for innsamling av skogdata. Når prosjektet blir avslutta i 2015 vil utvekslinga halde fram gjennom eit eksisterande partnarskap for berekraftig utvikling i regionen, Estrategia Mesoamericana de Sustentabilidad Ambiental (EMSA). Dette sikrar at grunnlaget som prosjektet har bygd opp blir ført og utvikla vidare. Mexicos skogstyresmakter har ein sterkt eigarskap til prosjektet sitt resultat.
Mexico mottar òg støtte frå Noreg via Verdsbanken (FCPF og FIP, sjå multilaterale satsingar). Denne støtta blir nytta til å fullføre landets REDD+-strategi som byggjer på klimalova frå 2012. Mexico er venta å vere eit av dei første landa som vil ta imot resultatbasert finansiering gjennom karbonfondet for reduserte klimagassutslepp frå avskoging. I 2014 leverte Mexico eit konseptdokument for landet sitt program i karbonfondet, og ventast å fullføre det endelege programdokumentet i 2015.
Det vart i 2014 utbetalt 30,5 mill. kroner frå klima- og skogsatsinga til Mexico.
Støtte til sivilt samfunn
Gjennom klima- og skogsatsinga si støtte til det sivile samfunn, har Noreg medverka til å oppnå klima- og skogsatsinga sitt mål om betre styresett i gjennomføringa av skog- og arealforvaltninga og til at privat sektor arbeider mot avskoging, sjå figur 7.1. Tilskotet til sivilsamfunnet har ført til verdifull kapasitetsbygging av organisasjonar på lokalt og nasjonalt nivå, auka deltaking frå sivilt samfunn i nasjonale REDD-prosessar og styrkt innsatsen mot drivarane av avskoging og arbeid mot privat sektor for å redusere avskoging og degradering av skog.
I 2014 var tilskotet til sivilsamfunnsorganisasjonane 306 mill. kroner, fordelt på 42 prosjekt i 33 land. Landa med flest prosjekt er Indonesia (30), Brasil (19), Den demokratiske republikken Kongo (11) og Vietnam (9). Fleire av prosjekta inneber aktivitetar i fleire land og mange har ein global komponent.
Sivilsamfunnsinnsatsen vart positivt vurdert i Norads følgjeevaluering av klima- og skogsatsinga som vart lagt fram i august 2014. Ifølgje evalueringa medverkar støtta positivt til å nå klima- og skogsatsinga sine overordna utviklingsmål og er komplementær til dei nasjonale partnarskapa. Støtta har blant anna medverka positivt til utvikling av sikringsmekanismar og breiare spørsmål knytte til godt styresett. Eksempelvis har støtta medverka til å styrkje urfolk sine rettar i Indonesia. Etter langvarig innsats frå Regnskogsfondet, Samdhana, Tebtebba, Righs and Resources Initiative (RRI) og the Indigenous Peoples Alliance of the Archipelago (AMAN), vedtok den indonesiske grunnlovsdomstolen at staten ikkje har eigedomsrett over skogareal der lokalsamfunn har tradisjonelle rettar. I kjølvatnet av domstolsavgjerda annonserte den indonesiske regjeringa eit nasjonalt urfolksprogram i 2014, og anerkjente urfolk som viktige skogvaktarar og heilt sentrale i arbeidet med å ta vare på regnskogen. Det er anslått at opptil 33 000 landsbyar og 40 millionar menneske kan bli omfatta av denne dommen.
Evalueringa trekte òg fram at sivilsamfunnsporteføljen samanlikna med oppstartsåra no har ein meir heilskapleg strategisk innretning med geografisk og tematisk konsentrasjon, skjerpa krav for resultatrammeverk og auka medvit rundt kunnskapsforvaltning. I samband med ei ny utlysing og utvikling av nytt regelverk for perioden 2016 – 2020, har Norad i tillegg utarbeidd fellesindikatorar for alle prosjekta i porteføljen for betre å kunne rapportere på resultat av innsatsen.
Meir informasjon om dei 42 tiltaka som går føre seg finst på www.norad.no.
Multilaterale satsingar
Noreg har over fleire år gitt støtte til ulike multilaterale program gjennom FNs klima- og skogprogram (UN-REDD) og Verdsbanken (Forest Carbon Partnership Facility (FCPF) og Forest Investment Program (FIP), og medverka aktivt i utforminga av programma sin policy og gjennomføring. Totalt deltek meir enn 60 skogland i desse initiativa. Norad si følgjeevaluering framhevar at arbeid under Verdsbanken og FN sine program har i stor grad positivt påverka klimaforhandlingane om REDD, særleg på områda måling, rapportering og verifisering. Følgjeevalueringa konkluderer med at multilateral innsats har styrka REDD-landas forståing av REDD+ som eit viktig klimatiltak, og ført til forpliktingar som bevaring av naturskog og omsyn til urfolk. Den multilaterale innsatsen bidrar til alle tre måla for klima- og skogsatsinga, sjå figur 7.1. Samstundes peiker evalueringa òg på at samarbeidet mellom dei tre FN-organisasjonane (FNs miljøprogram (UNEP), FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) og FNs utviklingsprogram (UNDP)), og med Verdsbanken sitt FCPF, ikkje er godt nok og har høge transaksjonskostnader. For mange land er utsleppskutt frå skog framleis langt fram i tid, og få land vil dermed vere i stand til å ta imot resultatbetaling.
FCPF består av eit kapasitetsfond (Readiness Fund) som gir støtte til 47 skogland for innleiande strategiarbeid og kapasitetsbygging, og eit karbonfond (Carbon Fund) som er sett opp for å betale for utsleppsreduksjonar i stor skala. Dei 47 landa representerer meir enn 55 pst. av verdas tropiske skog (Brasil har 26 pst., men er ikkje med) og innsatsen vil på sikt ha betydeleg global verknad. I 2014 medverka Noreg med 232 mill. kroner til Readinessfondet og EU gav nye 104 mill. kroner (12 mill. Euro). Til saman har 15 land medverka til fondet og summen av bidrag er no på om lag 2 638 mill. kroner (369 mill. USD).
I Karbonfondet fekk 9 land tilsegn om midlar til å utvikle storskala utsleppsreduksjonsprogram i 2014. Totalt er 11 land no i gang med programutvikling. I 2014 vart investorane i programmet samde om å signalisere vilje til å betale inntil 5 USD pr. tonn for utsleppsreduksjonar, men endeleg pris er gjenstand for forhandlingar. Føresett 5 USD pr. tonn kan fondet kjøpe 86 mill. tonn i utsleppsreduksjonar. Storbritannia gav nye 540 mill. kroner (45 mill. GBP) til fondet. Til saman har 8 land og 3 private aktørar medverka med om lag 3330 mill. kroner (466 mill. USD).
FNs klima- og skogprogram (UN-REDD) er eit samarbeidsprogram mellom FNs miljøprogram (UNEP), FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) og FNs utviklingsprogram (UNDP) som skal hjelpe utviklingslanda innanfor prioriterte område som måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog (MRV), urfolk og lokalsamfunns rettar, biologisk mangfald, grøn økonomi, godt styresett og antikorrupsjon. 56 land deltek i programmet, og 21 land tek i mot direkte støtte til nasjonale program. I 2014 vart Argentina, Elfenbenkysten, Honduras, Mongolia og Uganda tekne opp som nye programland. Styret starta diskusjon om ny strategi for 2015 – 2020, der resultata frå evalueringane har hatt påverknad på ny strategisk retning. I 2014 medverka Noreg med 191 mill. kroner og Spania med om lag 4,4 mill. kroner (500 000 Euro).
FIP er eit av klimainvesteringsfonda (Climate Investment Funds) under Verdsbanken. Styret har godkjent investeringsplanar i 8 pilotland med til saman 38 prosjekt. Til no er 17 prosjekt godkjente. 12 av desse har blitt tildelt midlar ved utgangen av 2014. Framdrifta i fondet er framleis svakare enn venta, men det vil truleg bli betre i 2015 då det er planlagt at ytterlegare ni prosjekt blir godkjende av styret i 2015. I tillegg vil det i løpet av 2015 bli teke opp nye pilotland til FIP. Fondet har eigne mekanismar som støttar urfolk og lokalsamfunn og privat sektors tilnærming til REDD+.
Under klimakonvensjonens møte i Warszawa i 2013 vart det lansert eit nytt, multilateralt samarbeid gjennom Verdsbankens BioCarbon Fund (BioCF) kalla Initiative for Sustainable Forest Landscape (ISFL). Initiativet er støtta av Noreg, USA, Storbritannia og Tyskland. Initiativet vil søkje å oppnå reduserte utslepp av klimagassar frå skogsektoren i utviklingsland gjennom tverrsektorielt samarbeid med landbrukssektoren og gjennom å styrkje planarbeid, politikk og praksis i utvalte regionar. I første omgang har Etiopia, Zambia, Colombia og Indonesia blitt valde ut som pilotland, men fleire land kan komme til etter kvart. Pilotane skal ha ei heilskapleg landskapstilnærming innanfor ein jurisdiksjon (region, provins eller delstat) samtidig som utslepp frå skog blir reduserte. Samarbeid med privat sektor om etablering av verdikjeder som ikkje medverkar til avskoging og samarbeid med nasjonale og lokale styresmakter er ein viktig del av initiativet.
ISFL består av to hovudelement; eit støttefond (BioCarbon Fund Plus) og eit fond for resultatbaserte utbetalingar (Tranche 3). I 2014 inngjekk Noreg ei avtale med BioCarbon Fund Plus om at 150 mill. kroner skal utbetalast til fondet over tre år, og ei avtale med BioCarbon Fund Tranche 3 om ei utbetaling på 690 mill. kroner i 2014 til betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar. USA og Tyskland er medverkar òg til BioCarbon Fund Plus og Storbritannia til Tranche 3. BioCF vil supplere Karbonfondet som ein fleksibel og innovativ resultatbasert mekanisme for å betale for og dermed auke etterspørselen etter verifiserte utsleppsreduksjonar frå skog.
Samarbeid med privat sektor
Ein milestolpe i arbeidet til klima- og skogsatsinga er at privat sektor arbeider mot avskoging, sjå figur 7.1. I 2014 har mange store selskap engasjert seg i kampen mot avskoging. Palmeoljesektoren, som i mange år har medverka til avskoging, har innsett at ein forretningsmodell som byggjer på ekspansjon gjennom ytterlegare avskoging ikkje er haldbar. Anslagsvis 90 prosent av global handel med palmeolje er no underlagt strenge kriterium som skal sikre at produksjonen av vara ikkje medverkar til avskoging. Både i Noreg og internasjonalt har forbrukarar og sivilt samfunn stilt krav til at produksjon og bruk av palmeolje ikkje medverkar til avskoging, men skjer gjennom dyrking av allereie degradert land og effektivisering av eksisterande produksjon.
Fokuset på og medvitet om korleis råvareproduksjon påverkar avskogingsmønster har auka. I fleire råvarekjeder som for eksempel soya, papir og papirmasse, kvegkjøt, kakao, kaffi og gummi, har selskap implementert tiltak for å sikre at deira varer ikkje medverkar til avskoging. Private selskap har gjennom fora som Consumer Goods Forum og Tropical Forest Alliance 2020, auka sitt engasjement og samarbeid med offentleg sektor og sivilt samfunn for å kjempe mot avskoging. Under FNs generalsekretær sitt klimatoppmøte i New York i september, vart det lansert ei erklæring om skog der over 50 selskap sluttar seg til målet om null avskoging innan 2030. Noreg har medverka aktivt og vore ein pådrivar i desse prosessane.
I 2014 vart det bestemt at Noreg saman med Storbritannia skulle støtte etableringa av eit sekretariat for Tropical Forest Alliance 2020 huset i World Economic Forum. Opprettinga av sekretariatet vil styrkje innsatsen for å etablere offentleg-private samarbeid i Latin-Amerika, Vest-Afrika og Kongobassenget, og Søraust-Asia. Offentleg-private samarbeid på landnivå er mellom anna ein sentral del av våre nye partnarskap med Liberia, Colombia og Peru.
Fremje skogbevaring gjennom grøn vekst-portefølje
Partnership for Action on Green Economy (PAGE) har som formål å leggje til rette for grøn vekst ved å bistå partnarland gjennom nasjonale planar og reformer. PAGE leverer opp mot målsetjinga «policy for bærekraftig skog- og arealbruk i skogland», sjå figur 7.1. I 2014 har UNDP slutta seg til partnarskapet som er leia av UNEP, ILO, UNIDO og UNITAR. Dei seks partnarlanda Burkina Faso, Ghana, Mauritius, Mongolia, Peru og Senegal har alle etablert nasjonale styringsorgan, og har langt på veg identifisert sektorar der dei ser størst behov og potensial for grøn vekst. I 2014 var det meir enn 600 representantar som deltok på nasjonale og internasjonale seminar for å få inngåande kunnskap om korleis det grøne skiftet kan gjennomførast i praksis.
Global Green Growth Institute (GGGI) hjelper partnarland til å skape økonomisk vekst som tek omsyn til naturen sine tolegrenser og reduserer klimagassutslepp. GGGI medverkar med fagleg støtte til å gjennomføre analysar, utarbeide planar og strategiar som leier landet mot ein berekraftig vekst. I 2014 gjennomførte GGGI aktivitetar i 20 land. GGGI medverkar opp mot milestolpen «policy for bærekraftig skog- og arealbruk i skogland».
Wealth Accounting and the Valuation of Ecosystem Services (WAVES) er eit globalt partnarskap som har som målsetjing å integrere nasjonale rekneskapar for naturkapital inn i planar for utvikling og vekst. Rekneskapane gir styresmaktene betre avgjerdsgrunnlag, og blir nytta ved utforming av politiske føringar om korleis naturressursane best kan forvaltast.
The Economics of Ecosystems and Biodiversity (TEEB) er eit globalt initiativ under UNEP som har som mål å synleggjere dei økonomiske fordelane ved biologisk mangfald. TEEB leverer opp mot klima- og skogsatsingas overordna målsetjing om å ta vare på naturskog, og grøne investeringar og privat/offentleg samarbeid, avskogingsfrie forsyningskjeder m.m.
Måling, Rapportering og Verifisering (MRV)
Måling, rapportering og verifisering er ein føresetnad for å kunne betale for utsleppsreduksjonar. Skoglanda må etablere eit system for å måle omfanget av klimagassutslepp frå skog, for så å rapportere tala til dei som skal betale for utsleppsreduksjonar. For at resultata skal være truverdege må dei verifiserast av ein uavhengig tredjepart. I 2014 vart det gitt støtte til fleire strategiske satsingar for å bidra til milepælen «Systemer for måling, rapportering og verifisering av utslipp frå skog er etablert», sjå figur 7.1.
Noreg er den største gjevaren til Global forest watch prosjektet, som gjer uavhengige analyser av verdas skogar gratis tilgjengelig via sine nettsider.
Det blir også arbeida for eit betre samarbeid mellom leverandører og brukarar av satellittdata av skog, dette arbeidet utføres med støtte frå Norsk Romsenter. To eksemplar på slikt arbeid er å delta i internasjonale nettverk for å sørge for at leverandørene tar satellittbilete av skogen, og Noregs støtte til eit prosjekt i FAO som gjer slike bileter tilgjengelege for tropiske skogland.
I tillegg til dette bidrar fleire av klima- og skogsatsingas partnarskap til denne milepælen, som nemnd over i resultat 2014 mellom anna for Brasil, Guyana og Mexico.
Til saman vart det utbetalt 57,2 mill. kroner til overordna MRV-arbeid i 2014.
Fotnotar
For oversikt over stoffa og stoffgruppene på prioritetslista og status for utslepp og utsleppsreduksjonar, sjå http://www.miljostatus.no/prioritetslisten.