Del 3
Omtale av særlege tema
8 Omtale av særskilte sektorovergripande klima- og miljøsaker
8.1 Klimagassbudsjett
Det går fram av Stortingets klimaforlik (Innst. 390 S (2011–2012), jf Meld. St. 21 (2011 – 2012)) at departementa skal vurdere klimakonsekvensar av sine satsingsforslag til statsbudsjettet. Klimagassbudsjettet har som mål å gi ei oversikt over klimagassutslepp og karbonbinding som følgjer av regjeringas største satsingar i dei mest utsleppsrelevante departementa. I det følgjande er det gitt ei omtale av utsleppseffektar knytte til sentrale tiltak på Klima- og miljødepartementet (KLD), Landbruks- og matdepartementet (LMD), Olje- og energidepartementet (OED) og Samferdselsdepartementet (SD) sine budsjett som kan påverke klimagassutsleppa. Stortinget vedtok tidlegare i år eit forslag knytt til ny klimalov (vedtak 478 frå 24. mars 2015). I vedtaket ber Stortinget om at regjeringa rapporterer på «hvordan budsjettet påvirker Norges klimagassutslipp». Ei slik oversikt er viktig for å kunne vurdere satsingsforslaga og skatte- og avgiftsforslaga opp mot regjeringas klimamål, under dette målet om at Noreg skal bli eit lågutsleppssamfunn i 2050. Regjeringa vil komme tilbake til dette i samband med lovproposisjonen for klimalova.
8.1.1 Klima- og miljødepartementet
I 2014 kompenserte klima- og skogsatsinga Guyana og Brasil for om lag 35 mill. tonn reduserte CO2-utslepp til saman. Samanlagt for 2013 og 2014 kompenserte klima- og skoginitiativet Guyana og Brasil for over 70 mill. tonn redusert utslepp av CO2.
Den norske klima- og skogsatsinga skal i aukande grad betale for verifiserte utsleppsreduksjonar frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland (REDD+).
Som eit ledd i regjeringas biogasstrategi frå 2014 vart det sett av 10 mill. kroner til pilotanlegg og følgjeforsking i 2015. Det har vore stor interesse for ordninga. For 2016 foreslår regjeringa å auke løyvinga til 20 mill. kroner. Miljødirektoratet har i ein rapport frå 2013 vurdert at biogass på sikt kan medverke til utsleppsreduksjon i Noreg i storleiksordninga 500 000 tonn CO2-ekvivalentar årleg, blant anna gjennom reduserte utslepp av klimagassar frå husdyrgjødsel og i transportsektoren når biogass erstattar fossilt drivstoff i køyretøy. Kostnadene ved slike utsleppsreduksjonar kan vere høge, og regjeringa er derfor oppteken av å stimulere til teknologiutvikling og reduserte kostnader. Formålet med pilotanlegg er å medverke til auka kunnskap om biogass og teste ut nye løysingar og ny teknologi. Utsleppseffekt i pilotfasen er ikkje berekna.
Skogplanting kan auke skogens opptak av klimagassar til ein svært låg kostnad og med akseptable miljøkonsekvensar. Ein studie gjennomført av Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet viser at planting på 1 mill. dekar over 20 år vil kunne gi 1,4 mill. tonn CO2 årleg meiropptak i 2100. I budsjettproposisjonen for 2015 vart det bestemt at regjeringa vil gjennomføre ein pilotfase for skogplanting som klimatiltak. Regjeringa foreslår at pilotfasen blir ført vidare med 15 mill. kroner i 2016. Dette er eit klimatiltak med lang tidshorisont, der hovuddelen av klimagassopptaket først kjem etter fleire tiår.
8.1.2 Landbruks- og matdepartementet
Jordbrukets utslepp av klimagassar var i 2014 på 4,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar, og utgjorde 8,7 pst. av dei samla norske utsleppa. Frå 1990 til 2014 er utsleppa frå jordbruket reduserte med 15,1 pst. Hovudårsaka til nedgangen er redusert bruk av gjødsel og færre storfe. Skogen og andre areal står likevel for eit høgt netto opptak av CO2 tilsvarande 26,7 mill. tonn i 2013. Dette er ein auke på 16,6 mill. tonn frå 1990.
Regjeringa foreslår å løyve til saman 33 mill. kroner til tre tiltak for auka karbonopptak i skog; respektive tettare planting, gjødsling og planteforedling. Klimatiltak i skog vil først ha ein effekt på lang sikt når det gjeld auka nettoopptak av CO2, med unntak av gjødsling der ein vil sjå ein effekt allereie etter 10 år. Det er derfor vanleg å snakke om den potensielle effekten i løpet av eit skogomløp, som normalt er på 70–100 år. Frå tiltaket er gjennomført vil effekten komme gradvis utover i omløpet. Kor stor effekten vil vere i form av auka CO2-opptak, vil avhenge av kor lenge tiltaka varer og grad av opptrapping. Dei tre tiltaka er anslått til potensielt å ville medverke med eit årleg auka opptak på 3–3,3 mill. tonn CO2 i eit langsiktig perspektiv.
8.1.3 Olje- og energidepartementet
Utslepp frå innanlandsk energiforsyning og energi brukt til oppvarming av bygningar i 2014 var i underkant av 2,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Samla utgjer utslepp frå energisektoren innanlands og energi brukt til oppvarming av bygningar 5,4 pst av dei totale utsleppa i Noreg.
Utsleppa frå petroleumssektoren til luft er stort sett avgassar frå brenning av gass i turbinar, fakling av gass og brenning av diesel. I 2014 var utsleppa av klimagassar frå petroleumsverksemda 14,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar, inkludert utslepp frå brenning og prosessar på offshore- og landanlegg. Dette var ein auke på 6,5 pst. frå 2013, og utgjer om lag 27 pst. av totalutsleppa i Noreg. Oljedirektoratet ventar at utsleppa av klimagassar frå petroleumsverksemda vil auke noko fram til rundt 2017 for deretter gradvis å minke.
Enova estimerer at dei samla direkte utsleppsreduksjonane knytte til deira kontraktfesta prosjekt i 2014 var 106 000 tonn CO2-ekvivalentar, der 19 000 kom frå bedrifter i kvotepliktig sektor. Desse resultata omfattar berre direkte reduksjonar i klimagassutslepp som ei følgje av tiltak som gir redusert bruk av fossile brensler. Andre effektar, for eksempel som ei følgje av at prosjekt som Enova støttar inneber endring av produksjonsprosessar i industrien, eller spreiing av teknologi, er ikkje med i tala. Ei rekkje hypotesar og føresetnader er lagt til grunn for utrekningane slik at det er ein del uvisse rundt tala. I løpet av 2014 har Enova inngått nye avtaler som gir eit venta kontraktfesta energiresultat (reduksjon i energibruka) på om lag 1 689 GWh/år.
Enova har dei siste åra fått utvida sitt mandat og fått auka overføringar som følgje av auka avkastning frå Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging. Enova forvaltar blant anna ei satsing på energi- og klimateknologi. Satsinga har som mål å redusere klimagassutslepp og byggje opp under utviklinga av energiomlegging på lang sikt gjennom å utvikle og ta i bruk teknologiar som kan medverke til dette. Satsinga er retta inn mot utvikling av ny teknologi og støtte til teknologiar og løysingar nær marknadsintroduksjon, blant anna skal Enova kunne gi støtte til investeringar i fullskala produksjonslinjer i industrien. Enova skal vurdere prosjekt ut frå potensialet for kostnadseffektive utsleppsreduksjonar på lang sikt. Enova skal prioritere støtte til prosjekt og løysingar som har stort spreiingspotensial både nasjonalt og internasjonalt. Enova forvaltar frå 2015 òg ei ny satsing på miljøvennleg transport. Målet er at satsinga skal medverke til reduserte klimagassutslepp i transportsektoren. Arbeidet skal byggje opp under utvikling av ei miljøvennleg omlegging på lang sikt gjennom å utvikle og ta i bruk teknologiar og nye løysingar som kan medverke til dette, under dette pilot- og demonstrasjonsprosjekt. Det er krevjande å kvantifisere den fulle verknaden på klimagassutsleppa av satsingane som følgje av at verknadene i stor grad vil vere indirekte og avhengig av teknologiane si vidare utbreiing i marknaden.
Avbrenning av overskotsgass har aldri vore tillate på norsk sokkel, og brenning av gass i fakkel er berre tillate når det er nødvendig av tryggleiksgrunnar. Tillating til slik brenning blir gitt etter løyve frå OED. Fakling stod i 2013 for om lag 12 pst. av CO2-utsleppa frå petroleumsverksemda.
Verkemidla overfor petroleumsverksemda har resultert i at det er gjennomført omfattande tiltak som direkte eller indirekte har gitt lågare utslepp av klimagassar. Kombinasjonen av både CO2-avgift og kvoteplikt betyr at sektoren står overfor ein pris på utslepp, noko som gir næringa ei eigeninteresse i å redusere CO2-utsleppa sine. Det er anslått at prisinga av utslepp har redusert utsleppa frå norsk sokkel med 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg samanlikna med den estimerte utsleppsutviklinga utan desse verkemidla. Dei einaste CO2-handteringsprosjekta i drift i Europa, Sleipner, Gudrun og Snøhvit, er alle på norsk sokkel.
Regjeringa har som ambisjon å realisere minst eitt fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-handtering innan 2020, jf. Prop. 1 S (2014 – 2015) Olje- og energidepartementet. Regjeringa foreslår at 80 mill. kroner av den auka avkastninga frå Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging blir sett av til vidare kartlegging av høve til fullskala CO2-handtering (moglegheitsstudiar) i Noreg. Midlane skal gå til å gjennomføre studiar av fangst, transport og lagring knytt til eit første anlegg. Løyvinga vil ikkje gi nokon reduksjonar i klimagassutslepp innanfor budsjettåret, men dersom ein lykkast med å realisere eit anlegg i Noreg, vil løyvinga telje som ein del av tiltaket. Dei tre selskapa som har vist interesse for å delta i vidare studiar av CO2-fangst på sine anlegg er Norcem i Brevik, Yara i Porsgrunn og Oslo kommunes energigjenvinningsanlegg på Klemetsrud. Utsleppa frå desse tre anlegga er om lag 300 000 til 800 000 tonn CO2 årleg. Kor store reduksjonar i CO2-utslepp som kan oppnåast avheng naturleg nok av kor CO2-fangst til slutt blir realisert og blant anna kva slag tekniske løysingar som blir valde. Dette vil dei vidare studiane vise.
8.1.4 Samferdselsdepartementet
Vegtrafikken åleine hadde i 2014 klimagassutslepp tilsvarande 10,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar, som var 19 pst. av dei nasjonale klimagassutsleppa.
I Nasjonal transportplan (NTP) 2014 – 2023 vart det anslått at jernbaneinvesteringane gir ein årleg reduksjon i utslepp frå vegtrafikken på 102 500 tonn CO2 i året frå 2024, og at veginvesteringane gir ein årleg auke på 77 000 tonn CO2. Det vart peika på at det særleg er godsprosjekt på jernbane som har stor verknad. Etatane har rekna ut at gjennomsnittlege årlege utslepp for perioden 2014–2023 ved bygging av dei føreslåtte prosjekta er 22 700 tonn CO2 for jernbane og 70 000 tonn CO2 for veg.
Utrekningane viser at klimagassutsleppa frå drift og vedlikehald inklusive ferjedrift vil bli reduserte med 85 000 tonn pr. år ved utgangen av planperioden som følgje av dei nye vegprosjekta som er ferdigstilte innan 2023. Det er ikkje rekna ut klimaverknad av Avinors og Kystverkets investeringar.
Satsingane på bymiljøavtaler i 2016-budsjettet vil gi reduserte klimagassutslepp. Dette er ikkje talfesta. Dette gjeld sykkelsatsinga òg.
Det er utfordrande å berekne klimagassutslepp mellom anna frå transportsektoren, og det er behov for betre utrekningar til klimagassbudsjettet, og til rapporteringa som Stortinget har bede om i samband med behandlinga av representantforslag om klimalov. SD vil delta i arbeidet med å betre utsleppsberekningane for klimagassbudsjett.
8.2 Klima- og miljøpolitikk i departementa
Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje klima- og miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine. Klima- og miljødepartementet samordnar regjeringas klima- og miljøpolitikk. For å oppnå måla for dei forskjellige sektorane er det sett i verk ein brei klima- og miljøpolitikk. Omtalene under departementa er baserte på miljøomtalene i deira respektive budsjettproposisjonar.
8.2.1 Arbeids- og sosialdepartementet
Å sikre eit trygt arbeidsmiljø er viktig i alle sektorar og bransjar og førebygging av forureining frå petroleumsverksemda utgjer Arbeids- og sosialdepartementets (ASD) bidrag til regjeringas heilskaplege arbeid med klima og miljø.
Statens arbeidsmiljøinstitutt er det nasjonale forskingsinstituttet for arbeidsmiljø og arbeidshelse. Arbeidsmiljø- og tryggleiksstyresmaktene sitt tilsyn med petroleumsverksemda på norsk kontinentalsokkel og på enkelte landanlegg blir utført av Petroleumstilsynet. Petroleumsverksemda er strengt regulert når det gjeld helse, miljø og tryggleik. Petroleumstilsynet skal medverke til eit høgt nivå på tryggleik og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda, medverke til å førebyggje akutt forureining til sjø og til luft og byggje opp om dei nasjonale klima- og miljømåla og klima- og miljøpolitikken.
Petroleumstilsynet overvakar blant anna utviklinga i risiko for ulykker som kan føre til akutte utslepp til sjø, under dette storulykkesrisiko. Dette arbeidet blir gjort med det føremålet å beskrive risikobildet for akutte utslepp for å fange opp negative trendar tidleg nok til å handle proaktivt og målretta for å unngå storulykker i norsk petroleumsverksemd.
Petroleumstilsynet vil arbeide vidare med å utvikle og forvalte tryggleiksregelverket som gjeld for tap av liv, helse, arbeidsmiljø, ytre miljø og økonomiske verdiar slik at krav til teknologi, operasjonar og styring av verksemdene i petroleumssektoren underbyggjer nasjonale og regionale miljømål og klimapolitikk. Arbeidet inkluderer oppdatering av standardar, aktivitetar for å redusere usikkerheit knytt til forsvarleg verksemd, utvikle vidare bruk av resultatrapport om ulykkesfrekvens og følgje opp selskapa si styring av tryggleik og arbeidsmiljø.
Petroleumstilsynet vil føre vidare eit aktivt samarbeid med andre etatar som forvaltar miljø i samband med utvikling og oppfølging av heilskaplege forvaltningsplanar for dei norske havområda.
8.2.2 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet
I eit historisk perspektiv har vi aldri konsumert meir energi og ressursar enn vi gjer i dag. Informasjon om miljømessige og sosiale aspekt ved varer og tenester gir forbrukarane høve til å velje produkt som gir minst mogleg belastning på miljøet. Som ein del av regjeringas heilskaplege klima- og miljøarbeid arbeider Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet (BLD) for å leggje til rette, forenkle og standardisere denne type informasjon.
Stiftelsen Miljømerking i Noreg søkjer å auke talet på miljømerkte produkt i Noreg, og informerer om at miljømerkte produkt er blant dei minst miljøskadelege på marknaden.
I miljømerkinga blir relevant informasjon samanfatta i symbola Svanen og EU Ecolabel (miljømerket til EU). Ved utgangen av 2014 var det om lag 8 500 svanemerkte produkt og tenester i Noreg, mot om lag 5 400 ved utgangen av 2013.
I 2016 vil BLD fokusere på å byggje opp under dei offisielle merkjeordningane (Svanen og EU Ecolabel) og å styrkje kunnskapsgrunnlaget om utviklinga i forbruket og konsekvensen dette har for miljøet.
BLD vil også delta i eit samarbeid med KLD, LMD, NFD, HOD og matvarebransjen om prosjektet ForMat, om å redusere matsvinnet i samfunnet, og i eit undervisningsopplegg om berekraftig forbruk i regi av Ungt Entreprenørskap.
8.2.3 Finansdepartementet
Avgifter utgjer omsetjelege utsleppskvotar og direkte reguleringar dei mest aktuelle verkemidla styresmaktene har mot miljøproblema. Rett utforma miljøavgifter gir tildriv til å minke utsleppa der det er billegast og sikrar at forureinarane betaler. For at ressursane i samfunnet skal nyttast effektivt må omsyn til klima og miljø og andre eksterne effektar reknast med i økonomiske avgjerder. Bruk av økonomiske verkemiddel, som til dømes prising av miljøgode og indirekte verknader av utslepp av klimagassar, gjer at dei som skal ta avgjerdene i alle sektorar og på alle nivå får insentiv til å ta omsyn til miljøet.
FINs rapport for 2014
I 2014-budsjettet var det ei klar dreiing i retning av grøne skattar. Avgifter på klimagassar og mineralolje vart auka med nesten 1,4 mrd. kroner. Blant anna vart dei generelle satsane i CO2-avgifta på mineralolje (utanom autodiesel) og gass og avgiftene på klimagassane HFK og PFK auka med om lag 100 kroner pr. tonn CO2. I tillegg vart grunnavgifta på mineralolje auka med 52 øre pr. liter utover ordinær prisjustering.
Utforminga av eingongsavgifta motiverer kraftig til val av bil med låge utslepp. Dette er ei av årsakene til at CO2-utsleppa frå nye personbilar har blitt betydeleg redusert. Gjennomsnittleg CO2-utslipp frå nye bilar er redusert frå 177 g/km i 2006 til 110 g/km i 2014. Den sterke nedgangen i CO2-utsleppa for nye personbilar dei siste to åra kjem først og fremst av ein kraftig auke i salet av elbilar.
I dag er over 80 pst. av norske klimagassutslepp underlagt avgifter eller kvoteplikt.
FINs plan for vidare arbeid
Hovudverkemidla i klimapolitikken er avgifter og deltaking i det europeiske systemet for handel med utsleppskvotar innanfor eit fastlagt tak for utslepp. Desse verkemidla set ein pris på utslepp av klimagassar og medverkar dermed til endringar i produksjons- og forbruksmønster over tid.
Regjeringa foreslår å innføre redusert sats i avgifta på elektrisk kraft for store datasenter og skip i næringsverksemd, frå 14,50 til 0,475 øre pr. kWh. Noreg har en stor del rein fornybar kraftforsyning samanlikna med andre land. Redusert sats for skip i næringsverksemd er viktig for å stimulere til overgang til elektriske ferjer og auka bruk av straum frå land.
Det ervidare foreslått å innføre ei vegbruksavgift på naturgass og LPG med 5,95 kroner pr. Sm3 for naturgass og 6,91 kroner pr. kg for LPG. Dette er på nivå med avgiftssatsen for bensin i 2015 i kroner pr. energieining. Forslaget er i tråd med formålet med avgifta om å prise dei eksterne kostnadene ved bruk av veg, og følgjer opp Stortingets vedtak frå behandlinga av statsbudsjettet for 2015.
Avgifta på klimagassane HFK og PFK er gradert ut frå gassane sitt globale oppvarmingspotensial (GWP). Det er foreslått at GWP-verdiane for HFK og PFK blir justerte i samsvar med nye verdiar utgitt av FNs klimakonvensjon (UNFCCC). For dei fleste gassane har GWP-verdiane auka, noko som inneber ei avgiftsskjerping.
Regjeringa la i Revidert nasjonalbudsjett 2015 fram ein heilskapleg gjennomgang av køyretøy- og drivstoffavgiftene. I gjennomgangen er det varsla ein retning for framtidas politikk for bilavgiftene. Målet er ein nyare, sikrare og meir miljøvennleg bilpark. Det vart bl.a. varsla ei omlegging av eingongsavgifta over tid ved at effektkomponenten blir fasa ut og vektkomponenten redusert. CO2-komponenten skal aukast og vere progressiv og vurderast i samanheng med endringane i vekt- og effektkomponenten. NOx-komponenten skal behaldast og aukast. Regjeringa tek sikte på ei slik omlegging over tid, men for 2016 er det berre foreslått prisjustering av satsane i eingongsavgifta.
Regjeringa har oppnemnt ein grøn skattekommisjon som skal vurdere om og korleis ein ved auka bruk av klima- og miljørelaterte avgifter, og reduksjonar i andre skattar og avgifter, kan oppnå både lågare utslepp av klimagassar, eit betre miljø og ei god økonomisk utvikling. Utvalet skal sluttføre sitt arbeid innan 1. desember 2015.
8.2.4 Forsvarsdepartementet
Det er ei overordna målsetjing for Forsvarsdepartementet (FD) at forsvarssektoren si verksemd ikkje skal føre til vesentleg skade på miljøet. Forsvaret arbeider blant anna med opprydding i forureina sjøbotn, opprydding av miljøgifter, reduksjon av metallutlekking frå skytefelt, ivaretaking av naturmangfald i samband med bruk og utvikling av område, Kystvaktas miljø- og ressursoppsyn, bevaring av kulturminne i skyte- og øvingsfelt og av dei nasjonale festningsverka, avfallshandtering, reduksjon av støy, og redusert klimagassutslepp. Innanfor alle desse områda er det lagt vekt på kunnskapsgrunnlag og overvaking. I FDs budsjett for 2016 er det foreslått å nytte 652 mill. kroner til arbeid knytt til naturmangfald, 101 mill. kroner til kulturminnearbeid, 443 mill. kroner til tiltak mot forureining og 79 mill. kroner til klimaarbeid.
All militær aktivitet i eit øvingsområde vil påverke miljøet i større eller mindre grad. Det er ein ambisjon å skape eit godt øvingsutbytte samtidig som ein unngår store negative konsekvensar for miljøet.
Hjerkinn skytefelt til sivile formål er truleg Noregshistorias største naturrestaureringsprosjekt. Prosjektet hadde i 2014 sitt åttande gjennomføringsår. Fylkesmannen i Oppland starta i 2014 prosessen med verneplan for Hjerkinn skytefelt. Den skal leggje til rette for framtidig vern av skytefeltarealet i tråd med Stortingets vedtak i 1999 om nedlegging av skytefeltet. Tilrådinga frå Miljødirektoratet skal liggje føre innan utgangen av 2016.
For skyte- og øvingsfelta Giskås og Hengsvann er det i 2014 gjennomført fullskala tiltak for å redusere metallutlekking. I 2014 er det gjennomført rydding av sjøbotn i fleire militære hamner, og støy er kartlagt ved Forsvarets flystasjonar og ved skyte- og øvingsfelt. Det skal utarbeidast forvaltningsplanar for alle skyte- og øvingsfelt og garnisonar. Slike planar vart ferdigstilte for bl.a. Setermoen skyte- og øvingsfelt i 2014.
Kystvakta har lovfesta oppgåver blant anna innan miljøoppsyn, og ein del av Kystvaktas oppdrag har prioritet til verneområde, ulovleg fiske, ulovleg jakt, kulturminne, dykking etc. Fleire av Kystvaktas fartøy har oljevernutstyr om bord, og har ei viktig rolle i den operative nasjonale beredskapen mot oljesøl.
8.2.5 Helse- og omsorgsdepartementet
Hovudmålsetjinga for Helse- og omsorgsdepartementets (HOD) klima- og miljørelevante arbeid er å oppnå tryggare og meir helsefremjande miljø. Viktige tiltak er blant anna å støtte arbeidet i kommunane med miljøretta helsevern og arbeidet med å førebyggje allergi, astma og inneklimasjukdommar. Dette er aktuelt for miljøfelt som luftforureiningar, støy og helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Oppfølginga av folkehelsemeldinga frå 2012 – 2013 omfattar bidrag til at helseomsyn skal få ein større plass i utviklinga av stader, nærmiljø og lokalsamfunn, under dette at det skal leggjast til rette for helsefremjande transportløysingar.
Statens strålevern tek vare på oppgåver for KLD innanfor fagfeltet radioaktiv forureining og anna stråling i det ytre miljø. Strålevernet har vidare ansvar for fagleg utgreiingsarbeid, tilsyn med radioaktiv forureining og for å koordinere nasjonal overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljø.
Helsedirektoratet og Nasjonalt folkehelseinstitutt, og fylkesmennene, er rådgivarar for sentrale og lokale helsestyresmakter, greier ut og tek del i overvaking av miljøforureining. Både folkehelselova og forskrift om miljøretta helsevern peiker på kommunane sitt ansvar for oversikt, rådgiving og medverknad som ledd i arbeidet med å fremje folkehelse og medverke til gode forhold med omsyn til miljøet. Kommunane skal òg gjennom planlegging sikre befolkninga mot skadelege faktorar i miljøet, bl.a. biologiske, kjemiske, fysiske og sosiale, som kan ha negativ innverknad på helsa.
8.2.6 Justis- og beredskapsdepartementet
Sentrale klima- og miljøoppgåver under Justisdepartementet (JD) er å motverke miljø- og arbeidsmiljøkriminalitet samt vern av Svalbards særeigne villmarksnatur.
Omfanget av miljøkriminalitet er venta å auke i tida framover då presset på naturen aukar i takt med den økonomiske veksten. I tillegg blir natur- og fiskerikriminalitet sett på som ei større utfordring. Politiets viktigaste oppgåver innanfor feltet miljøkriminalitet er å etterforske og følgje opp vidare brot på lovgivinga som er sett til å verne om miljøet.
Brot på miljøføresegner med ei strafferamme over tre månader som vart melde til politiet utgjorde i 2014 totalt 4 497 saker. Dette er samla sett ein liten auke på omlag 2 pst. frå 2013. Auken er størst når det gjeld meldingar relaterte til arbeidsmiljølova og talet på saker her har stige frå 758 til 863 i 2014. Saker på dette feltet er ofte krevjande å etterforske, noko som bl.a. kjem til uttrykk i saksbehandlingstida som ligg på omlag 250 dagar.
For 2016 er det løyvt 54,5 mill. kroner til miljøpolitiske tiltak i Politi- og lensmannsetaten.
Svalbardmiljølova av 15. juni 2001 med tilhøyrande forskrifter tek vare på ei målsetjing om å halde ved lag omfanget av Svalbards særeigne villmarksnatur. Det er store utfordringar knytte til klimaendringar, auka ferdsel og forureining på Svalbard. Det vil bli lagt særleg vekt på å avgrense belastninga på Svalbards natur og kulturminne og sikre viktige leveområde for sårbare arter og verneområda sin kvalitet som referanseområde for forsking. Forvaltinga må ta omsyn til endringar i klima og tilførsel av forureining, og sikre at lokal verksemd skjer innanfor rammer som sikrar at den samla belastninga på arter og økosystem ikkje blir for stor. Samtidig skal det leggjast til rette for bruk som er i samsvar med måla for bevaring av naturen på Svalbard.
Klimaendringar kan få konsekvensar for arter og økosystem på Svalbard, og med mindre havis vil det kunne bli auka skipstrafikk, turisme og fiskeriaktivitet. Med mindre havis i fjordane vil konflikten mellom miljø og turisme og skuterferdsel auke i ein sårbar periode for dyrelivet. Klimaendringane forsterkar òg tapet av kulturminne. Eit eksempel på førebyggjande tiltak er at fangststasjonen Fredheim vart flytta lenger inn på land i april 2015.
Aktivitetsnivået innan gruveverksemd og forsking er framleis høgt. Store Norske Spitsbergen Grubekompani AS leverte våren 2014 førehandsmelding for ny kolgruve i Ispallen som inneber inngrep i eit til no urørt område. Program for konsekvensutgreiing er fastsett av Sysselmannen på Svalbard.
Kolkraftverka i Barentsburg og Longyearbyen representerer òg miljømessige utfordringar. Eit nytt reinseanlegg ved kraftverket i Longyearbyen vil stå ferdig i 2015. Avfallshandteringa på øygruppa er ei utfordring.
I verneområda på Svalbard er utfordringa å utvikle gode strategiar for å balansere bruks- og verneinteressene innanfor ramma av verneformålet. Forvaltningsplanar er eit viktig verktøy når det skal gjerast avvegingar mellom dei ulike interessene i behandlinga av enkeltsaker.
Sysselmannen vil prioritere førebygging, informasjonsarbeid, rettleiing og tilsyn med ferdsel og verksemder også i tida framover. Sysselmannens miljørelaterte verksemd er anslått til 12 mill. kroner for 2016.
8.2.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Med utgangspunkt i plan- og bygningslova arbeider Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) for berekraftig planlegging og byutvikling. Dette inneber å sikre ein berekraftig bystruktur gjennom effektiv arealbruk, styrkt miljøvennleg transport og tilpassing til klimaendringar. Å sikre høg kvalitet i byrom og uteareal ved å integrere viktige kulturhistoriske verdiar i byutviklinga og ta vare på grønstruktur og naturmangfald er eit sentralt mål for å møte miljøpolitiske utfordringar. I tillegg er energieffektivisering i bustader og andre bygg viktig for å redusere den totale energibruken.
Eit viktig aspekt for å kunne gjennomføre eit godt klima- og miljøarbeid er å ha gode kart- og geodata, og kunne framstille stadfesta (koordinatbestemte) data på ein god måte. Dette er ein viktig føresetnad i arbeidet med klimatilpassing, forvaltninga av naturmangfaldet og forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø.
KMDs rapport for 2014
I 2014 vart det vedteke nye statlege planretningslinjer for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging. I tillegg har klima og miljø inngått som viktige aspekt i byutviklingsprogramma Plansatsing mot store byar og Framtidas byar.
KMD har koordinert statens innsats i samarbeidet om å betre bumiljø, buforhold og levekår i Groruddalen. KMD har òg gitt midlar til programområde 2 Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø. I 2014 vart midlane hovudsakleg nytta til å lage gang- og sykkelvegar og ruste opp uteareal. I 2014 vart det òg starta opp områdesatsingar i indre Oslo aust og Fjell i Drammen, som skal førast vidare i 2016.
Ulike låne- og tilskotsordningar i Husbanken medverkar til fleire bustader og bygg med kvalitetar utover krava i byggteknisk forskrift, blant anna på energi. Eit hovudformål med grunnlånet er å fremje viktige bustadkvalitetar som energieffektivitet og tilgjenge i ny og eksisterande busetnad.
Statsbygg arbeider systematisk med energieffektivisering i eksisterande bygningar og følgjer energiutviklinga for eigedomsmassen tett. I 2014 vart det fasa ut 4 anlegg med bruk av olje som primæroppvarming, og det er planar for utfasing av ytterlegare 16 anlegg i 2015.
KMDs plan for vidare arbeid
Regjeringa foreslår å løyve 36 mill. kroner i 2016 til å etablere eit nasjonalt heildekkande og nøyaktig høgde- og terrengdatasett. Slike data er særleg viktige for vurdering av fare for ras, skred og flaum og analyser av vass- og vindkraftutbygging. Data vil òg vere nyttige for tidleg kartlegging av kulturminne, vegutbygging, arealplanlegging, skog- og naturressursforvaltning og for sikker luftfart. Gevinstpotensialet for reduserte skadar og tap av liv frå flaum og skred åleine er utrekna til 330 mill. kroner i noverdi over ein 40-årsperiode.
I nye nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging, som var vedtekne ved kongeleg resolusjon 12. juni 2015, er planlegging for klimatilpassing og for å redusere klimagassutslepp vektlagt. Det er stilt konkrete forventningar til kunnskapsgrunnlag, risiko- og sårbarheitsanalysar, klimagassreduksjon, energiomlegging og effektivisering. Det er òg konkrete forventningar knytte til samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og tilrettelegging for auka bruk av kollektivtransport, sykkel og gange. KMD vil medverke til fleire miljøvennlege og energieffektive bustader og bygg. Det er varsla gjennom klimaforliket og klimameldinga at energikrava for nye bygg skal skjerpast til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Regjeringa vil seinare fastsetje føresegner som definerer passivhusnivå og nesten nullenerginivå. Avgjerd om kravnivå blir teken på bakgrunn av utgreiingar av samfunnsøkonomiske og helsemessige konsekvensar og kompetansen i byggjenæringa. Innføring av nye energikrav vil vere høgt prioritert i 2016. Statsbygg er i rute med utfasing av olje som grunnlast i eigne bygg. Utsleppsreduksjonane etter 2016 er estimerte å vere om lag 2 227 tonn CO2 pr. år, samanlikna med 2014-nivået. Se kapittel 9 for nærare detaljar.
8.2.8 Kulturdepartementet
God forvalting av kulturminne i form av bygningar og anlegg, i hovudsak enkeltbygningar og bygningsmiljø, men òg tekniske og industrielle kulturminne, bergkunst og kulturlandskap, samt kulturminne i form av kyrkjer og gravplassar utgjer Kulturdepartementets (KUD) bidrag til regjeringas samla klima- og miljøpolitikk.
Det nasjonale museumsnettverket rapporterer om i alt 5 000 kulturhistoriske bygningar i 2014. Museas bevarings- og formidlingsarbeid medverkar til å spreie kunnskap om og oppleving av desse miljøverdiane. Over KUDs budsjett blir det no gitt driftstilskot til 64 konsoliderte museum i det nasjonale museumsnettverket.
Norsk kulturråd forvaltar òg tilskotsordninga for sikringstiltak ved musea. Over ordninga vart det i 2014 innanfor ei ramme på 9,9 mill. kroner gitt tilskot til 37 tiltak fordelt på 29 museum.
KUD medverkar, gjennom rentekompensasjonsordninga for kyrkjer, til arbeid med å sikre og vedlikehalde kyrkjer. Målet for ordninga er å stimulere til sikring og bevaring av kyrkjene og deira utsmykking og inventar. Sidan ordninga vart oppretta i 2005 er det gitt tilsegn om rentekompensasjon for ei samla investeringsramme på nærare 3 mrd. kroner.
Sidan storparten av kyrkjene er eldre bygningar, er det høge kostnader knytte til oppvarming. Kyrkjeleg arbeidsgivar- og interesseorganisasjon samarbeider med Riksantikvaren for å finne nye energisparande varmesystem som samtidig betrar bevaringsmiljøa for bygning og interiør. Det er òg etablert regionale energinettverk for kyrkjebyggjarar for å auke kompetansen på området.
Regjeringa innførte i 2014 ei ordning for gåveforsterking for å stimulere til auka privat finansiering av kunst og kultur gjennom pengegåver. Ordninga vart ført vidare i 2015 med reviderte retningslinjer som utvida ordninga til å gjelde fleire formål og fleire museum/givarar. Ordninga gjeld private pengegåver til museum, som er gitt med det føremålet å styrkje museets verksemd i tråd med museet sine formål og planar.
Opplysningsvesenets fond eig og forvaltar ein betydeleg eigedoms- og bygningsmasse. Fleire av dei gamle prestegardane er verdifulle kulturminne og kulturmiljø. Buplikta for desse vart oppheva i 2015.
Regjeringa foreslår for 2016 eit eittårig tilskot til vedlikehald av kulturhistoriske bygningar på 57 mill. kroner. Det er eit stort etterslep på vedlikehald av kulturhistoriske bygningar, under dette freda og verneverdige bygningar på musea. Tilskotet vil vere eit viktig bidrag for å redusere etterslepet og sikre viktige kulturhistoriske bygningar av nasjonal verdi.
8.2.9 Kunnskapsdepartementet
Målet for Kunnskapsdepartementets (KD) klima- og miljørelevante arbeid er at utdanning og forsking skal medverke til berekraftig utvikling og omstilling til lågutsleppssamfunnet gjennom utvikling, formidling og bruk av kunnskap.
Formidling av kunnskap og gode haldningar til miljøet er ein integrert del av det pedagogiske opplegget i barnehagane og skulane. Grunnlaget for gode haldningar blir skapt og det er derfor viktig at natur og miljø også er ein naturlig del av barnehagane og skulane si verksemd. Utdanning for bærekraftig utvikling er integrert i læreplanverket for Kunnskapsløftet.
Miljøforsking er støtta gjennom ulike satsingar og program i Forskingsrådet. I tillegg finansierer også universiteta og høgskulane mykje miljø- og klimarelevant forsking over grunnløyvinga si.
KDs rapport for 2014
I samarbeid med KLD har KD ført vidare arbeidet med Den naturlege skulesekken. Prosjektet medverkar til å styrkje kvaliteten i opplæringa og auke forståinga for nytten og bruken av naturfaga, samt fremmer undervisning for bærekraftig utvikling. Bidrag til EUs rammeprogram Horisont 2020 er òg eit viktig bidrag, der klima og berekraftig utvikling er eit gjennomgangstema. 60 pst. av budsjettet i Horisont 2020 skal gå til forsking som medverkar til berekraftig utvikling.
I 2014 er KDs samla finansiering av forsking på miljøområdet gjennom Forskingsrådet anslått til i underkant av 500 mill. kroner. Dette er vel 100 mill. kroner meir enn i 2013. Forsking på miljøområdet omfattar både klima-, miljø- og energiforsking. Talet omfattar forsking finansiert gjennom alle Forskingsrådets verkemiddel, også dei som ikkje er særskilt retta mot miljø. Ein stor del av KDs midlar til miljøforsking gjennom Forskingsrådet går til polarforsking, klimaforsking og forsking på miljøvennleg energi. I tillegg får Senter for klimadynamikk ved Bjerknessenteret 25 mill. kroner årleg. Også Meteorologisk institutt har ei viktig oppgåve i å studere det norske klimaet, gi klimatologiske utgreiingar og formidle resultata av dette arbeidet.
KDs plan for vidare arbeid
Langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2015 – 2024 (Meld. St. 7 (2014 – 2015)) gir dei politiske føringane for KDs satsing på dette området. Langtidsplanen har tiårige mål og prioriteringar, men meir konkrete mål for innsatsen i den første fireårsperioden, der regjeringa forpliktar seg til å følgje opp prioriteringane i dei årlege statsbudsjetta.
Klima, miljø og miljøvennleg energi er eitt av seks satsingsområde i langtidsplanen.
For 2016 er det foreslått ei auka løyving på 135 mill. kroner for å auke deltakinga i Horisont 2020, som er eit viktig mål for norsk forskingspolitikk. Midlane stimulerer til auka deltaking på mange område, inkludert klima- og miljøområdet. Større norsk deltaking i europeisk forskingssamarbeid gir norske forskarar tilgang på internasjonalt framifrå fagmiljø, også fagmiljø på klima- og miljøområdet, og vil medverke til høgare kvalitet på forskinga.
8.2.10 Landbruks- og matdepartementet
Norsk landbruk tilbyr forbrukarane mat som er produsert på ein helse- og miljøvennleg måte, forvaltar store innmarks- og utmarksområde som medverkar til natur-, kultur- og friluftsverdiar og forsyner samfunnet med fornybare byggematerial og energi.
Berekraftig landbruk er eit av hovudmåla i Landbruks- og matdepartementets (LMD) politikk. Landbrukets påverknad på miljø er avhengig av ei rekkje samanhengar i naturen, noko som gjer det vanskeleg å setje miljømål i landbruket og samtidig isolere effektane av tiltak frå andre prosessar og påverknader. Miljøsatsinga i jordbruket skal medverke til å redusere miljøbelastninga frå jordbruket og til å halde ved lag jordbrukets kulturlandskap.
LMDs rapport for 2014
Miljøsatsinga i jordbruket er organisert under Nasjonalt miljøprogram, med nasjonale, regionale og lokale tiltakspakkar. Over 22 000 føretak fekk utbetalt midlar innanfor dei regionale miljøprogramma (RMP) i 2014 for gjennomførte tiltak i vekstsesongen 2013 for å redusere erosjon og næringsstoffavrenning, hindre gjengroing eller ta vare på verdifulle kulturlandskap og naturtypar. Totalt vart det løyvt 437 mill. kroner under RMP i 2014. Om lag 64 pst. av dei lokale midlane (Spesielle miljøtiltak i jordbruket) vart løyvde til tiltak for å fremje verdiar i jordbrukets kulturlandskap, kulturmiljø, naturmangfald og friluftsliv, mens 28 pst. av midlane gjekk til tiltak for å redusere forureining til vatn. I tillegg samfinansierer landbrukssektoren og miljøsektoren prosjektet Utvalde kulturlandskap i jordbruket med 6 mill. kroner i året (totalt 12. mill. kroner). 22 område er peikte ut for den særskilte satsinga og der områda inneheld svært store verdiar knytte til naturmangfald og kulturminne og kulturmiljø. Liknande samfinansiering er det for verdsarvstadene Vestnorsk fjordlandskap og Vegaøyan med 3 mill. kroner kvar.
Beitande dyr og aktive setrar er viktig for å ta vare på jordbrukslandskap og for å halde ved lag mange plante-, sopp- og dyrearter. Det var registrert ca. 2,2 mill. husdyr på utmarksbeite i 2014. Samtidig er talet beitedyr redusert med 5 pst. sidan 2000.
Å hindre nedbygging av jordbruksjord er viktig for å halde oppe matforsyning og for å bevare det biologiske mangfaldet. Omdisponering av dyrka jord har hatt ein svak auke i 2014. Mange av dei mest produktive jordbruksareala er omdisponerte og erstatta av nydyrka areal som i mange tilfelle er meir marginale. Tala for godkjent nydyrka areal har auka jamt i fleire år til rundt 18 000 dekar i 2014.
Bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar er nødvendig for å sikre variasjon og unngå tap av sortar, arter og rasar. I Svalbard globale frøkvelv var det ved utgangen av 2014 lagra sikkerheitskopiar av 849 804 frøprøvar i frøkvelvet frå 58 institusjonar verda over. Dette er ein auke på 5 pst. frå 2013. Det blir òg løyvd direktestøtte til bevaringsverdige husdyrrasar. Sidan 1990 har det vore ein auke i alle bevaringsverdige storferasar, men ei negativ utvikling for telemarksfe dei to siste åra.
Skogbruksplanlegging, miljøregistrering i skog og Landsskogtakseringa er sentralt i skogbrukets miljøarbeid. I 2014 vart det godkjent skogbruksplanar med miljøregistreringar på ca. 4,2 mill. dekar. No er rundt 85 pst. av det totale økonomisk drivverdige skogarealet kartlagt med miljøregistreringar.
Areal i økologisk drift utgjorde i 2014 om lag 4,7 pst. av det totale jordbruksarealet i Noreg. Omsetninga av økologiske matvarer i norsk daglegvarehandel var rekordstor i 2014. Samla for alle produktgrupper auka omsetning av økologiske produkt i daglegvarehandelen med 26 pst. frå 2013 til 2014. Totalt vart det omsett økologisk mat for om lag 1,74 mrd. kroner i 2014, tilsvarande 1,45 pst. av totalmarknaden.
LMDs plan for vidare arbeid
Departementet vil følgje opp arbeidet med genetiske ressursar, Svalbard globale frøkvelv, og delta aktivt i dei aktuelle internasjonale prosessane under FNs organisasjon for mat og landbruk (Food and Agriculture Organization) og den Internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk.
Regjeringa la fram ein jordvernstrategi for Stortinget våren 2015, jf. Prop. 127 S (2014 – 2015), med mål for å styrkje jordvernet. Regjeringa fører vidare målet om å avgrense omdisponeringa av dyrka jord til under 6 000 dekar pr. år.
Det er tverrpolitisk semje i Noreg om å arbeide for å avgrense matsvinnet. Klimagassutslepp knytte til produksjon og distribusjon av mat som blir kasta, er anslått til ca. 535 000 tonn CO2-ekvivalenter, noko som tilsvarer årlege utslepp frå ca. 160 000 bilar. LMD arbeider aktivt med å førebyggje og redusere matsvinn, blant anna gjennom intensjonsavtala om reduksjon av matsvinn med fire andre departement og matbransjen, som har som mål å lage ei meir forpliktande bransjeavtale innan 2016.
Regjeringa foreslår å auke løyvinga til klimatiltak i skog med 33 mill. kroner. Innanfor denne løyvinga vil ein prioritere tiltak som medverkar til å auke karbonopptaket i skog som gjødsling, skogplanteforedling gjennom forbetring av genetisk materiale og tettare planting etter hogst.
LMD vil styrkje satsinga på bioenergi, og aukar ramma til Bioenergiprogrammet som blir forvalta av Innovasjon Norge, med 7 mill. kroner i 2016. Det er også øyremerkt midlar til forsking og utgreiing til klimaformål, og støtta til levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg blir dobla. Gjennom forskingsrådets program Bionær og Innovasjon Norge skal det arbeidast aktivt med å utvikle løysingar for å auke biogassproduksjon basert på husdyrgjødsel. Arbeidet blir koordinert med satsinga på biogass under Bioenergiprogrammet.
Anslaget for naturskadeerstatningar som kjem til utbetaling i 2016 aukar med 21 mill. kroner.
8.2.11 Nærings- og fiskeridepartementet
Næringsverksemd kan ha miljømessige konsekvensar som naturinngrep, tap av naturmangfald, forureining av jord, luft og vatn og utslepp av klimagassar til atmosfæren. Ein god nærings- og miljøpolitikk vil søkje å avgrense miljøkonsekvensane av næringsverksemd innanfor rammene av ei berekraftig utvikling der òg omsynet til langsiktig verdiskaping blir teke vare på.
Nærings- og fiskeridepartementets (NFD) overordna målsetjing er størst mogleg samla verdiskaping i norsk økonomi, innanfor berekraftige rammer. NFD arbeider for at norsk næringsliv kan utnytte moglegheitene som ligg i auka vektlegging av klima- og miljømål i politikkutforming og marknader.
Ein aktiv innovasjonspolitikk for å fremje utvikling og kommersialisering av meir miljøvennlege teknologiar og tenester er ein viktig del av dette arbeidet. Hovuddelen av NFDs klima- og miljøinnsats går til miljørelatert ressurs- og næringsforsking, tiltak for å stimulere til utvikling av klima- og miljøteknologi, tiltak for berekraftig forvaltning av fiskeressursar og berekraftig havbruk, og til oppbygging av kunnskap om marine ressursar.
NFDs rapport for 2014
Den viktigaste ordninga Innovasjon Norge har som kan medverke til å redusere klimagassutsleppa er Miljøteknologiordninga. Målgruppa for ordninga er små, mellomstore og store bedrifter i heile landet som skal setje i gang pilot- og demonstrasjonsprosjekt innan miljøteknologi. Frå miljøteknologiordninga vart oppretta i 2010 til og med 2014 er det gitt tilsegn om risikoavlastning i form av tilskot på til saman 1,04 mrd. kroner til 237 prosjekt. Evalueringa frå Menon Business Economics i 2014 viser at ordninga er relevant og relativt effektivt forvalta. Utrekningar viser at ei krone i tilskot gjennom ordninga utløyser 3,6 kroner i private investeringar, noko som viser stor ringverknad. Ordninga har dermed ein betydeleg utløysande effekt for prosjekta.
MAROFF-programmet og Skattefunn-ordninga medverkar til å realisere regjeringas maritime satsing for å fremje miljøvennleg verdiskaping. Miljø er eit av dei hovudprioriterte områda i MAROFF-programmet. I 2014 vart det løyvd totalt 85 mill. kroner (47 mill. kroner frå Maroff og 38 mill. kroner frå Skattefunn) til miljøprosjekt gjennom desse ordningane.
NFDs plan for vidare arbeid
NFD vil medverke til å utvikle og ta i bruk miljøteknologi og meir miljøvennlege varer og tenester, mellom anna gjennom miljøteknologiordninga til Innovasjon Norge. Regjeringa foreslår å styrkje ordninga med 134,5 mill. kroner i 2016. Satsinga skal medverke til auka kommersialisering av forskingsprosjekt og innovative miljøløysingar ved å gi investeringstilskot til pilot- og demonstrasjonsprosjekt i alle typar bedrifter.
Eit grønt skifte i norsk maritim næring er viktig for norsk klima- og miljøpolitikk, og vil kunne styrkje verdsskapinga i norsk maritim næring og gi konkurransefortrinn. Miljø er eit prioritert satsingsområde i den nye maritime strategien som regjeringa la fram i mai 2015. Regjeringa foreslår å løyve 40 mill. kroner til Innovasjon Norge til grøn fornying av skip som fraktar gods i nærskipsfart. Dette vil medverke til reduserte utslepp av CO2 og lokal luftforureining. Forslaget inneber å styrkje innovasjonslåneordninga og etablere ei ordning med eit tilskot for kondemnering av skip. Ei kondemneringsordning må notifiserast og godkjennast av ESA.
Havbruksnæringa sitt potensial for auka produksjon av sjømat skal utnyttast innanfor berekraftige rammer. Det er derfor lagt vekt på tiltak som medverkar til å løyse havbruksnæringa sine miljøutfordringar, både gjennom forvaltningstiltak og stimulering til utvikling og implementering av nye teknologiske løysingar og driftskonsept.
Direktoratet for mineralforvaltning skal arbeide for at Noregs mineralressursar blir forvalta og utnytta til det beste for samfunnet. Dette omfattar også å syte for forsvarleg og berekraftig forvaltning av mineralressursar og redusere miljømessige konsekvensar av tidlegare mineraluttak. NFD prioriterer å få utarbeidd heilskaplege tiltaksplanar for opprydding etter gruveverksemd i Folldal og i Sulitjelma.
Dei fleste miljøgiftene i oppdrettsfisken kjem gjennom fôret. Innhaldet av miljøgifter i fôret er regulert ved grenseverdiar både på fôrråvarer og ferdig fôr. Nye fôringrediensar kan endre innhaldet av framandstoff og påverke næringsopptaket frå fôr. Utfordringar knytte til nye fôrråvarer er derfor eit prioritert forskingsområde.
Innan BIA, EnergiX, Nano2021, Bionær, Havet og kysten og Maroff vil det bli gitt støtte til prosjekt som er venteleg har eit potensial for å påverke klimagassutslepp på kort (2016 – 2020) og lang sikt (2030 – 2050).
8.2.12 Olje- og energidepartementet
Ei rekkje reguleringar medverkar til at det blir teke omsyn til klima og miljø i alle fasar av petroleumsverksemda og ved utbygging av fornybar energi og nett. Energiproduksjon med låge klimagassutslepp utgjer i seg sjølv viktige bidrag til klima og miljø. Saman med energiomlegging, forsking og teknologiutvikling, inkludert CO2-handteringsteknologi, utgjer dette Olje- og energidepartementet (OED) sitt bidrag til regjeringas samla klima- og miljøpolitikk.
Regjeringa vil sameine Noreg si rolle som stor petroleumsprodusent med ambisjonen om å vere ein leiande miljø- og klimanasjon. Noreg skal vere ein føregangsnasjon på miljø- og klimavenleg energibruk og kraftproduksjon.
Eit viktig mål for regjeringa er at den auka utbygginga av fornybar kraft skjer utan at naturmangfald eller store landskapsverdiar går tapt.
Andre mål i regjeringa sin klimapolitikk er å arbeide for at fangst og lagring av CO2 vert eit viktig klimatiltak og medverke til å utvikle kostnadseffektive teknologiar for CO2-handtering. Regjeringa si strategi for arbeidet med CO2-handtering inkluderer forsking og demonstrasjon, arbeid med fullskala demonstrasjonsanlegg, transport og lagring av CO2 og internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering.
OEDs rapport for 2014
Klima- og miljøutfordringar i olje- og gassutvinning er knytt til utslepp til luft og til sjø. Sjå avsnitt 8.1.3 om klimagassbudsjett for oversikt over utslipp og utslippsreduksjonar i energi- og petroleumssektoren.
Gjennomføringa av EU sitt vassdirektiv med tilhøyrande forvaltingsplanar er viktig for å fremje ei heilskapleg forvalting av vassressursane. NVE har gitt innspel til forvaltingsplanane, og vil ha ei viktig rolle i oppfølging av godkjente forvaltingsplanar og utvikling av nasjonalt verktøy og rettleiing. OED har i 2014 medverka til forsking på miljøkonsekvensar og miljøtiltak i vassdrag påverka av kraftproduksjon.
OED la i 2014 fram regjeringa sin strategi for arbeidet med CO2-handtering. Strategien inneheld eit breitt spekter av aktivitetar. Oljedirektoratet ferdigstilte i 2014 eit CO2-lagringsatlas for norsk kontinentalsokkel.
Vidare har OED i 2014 følgt opp arbeidet ved teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad (TCM). TCM ferdigstilte i 2014 testinga ved Alstom sitt anlegg for kjølt ammoniakk og testinga ved Akers aminanlegg. Vidare starta TCM i 2014 ein testkampanje med Shell Cansolvs aminteknologi.
Noreg har, mellom anna gjennom arbeidet med teknologisenteret for CO2-fangst på Mongstad, teke ei internasjonal leiarrolle i utviklinga av teknologi for CO2-handtering. CLIMIT er det offentlege støtteprogrammet for FoU og demonstrasjon av teknologiar for fangst og lagring av CO2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri. Programmet er administrert av Gassnova SF i samarbeid med Noregs forskingsråd. På kort sikt er CLIMIT retta mot å kvalifisere og få ned kostnader knytte til CO2-handtering og etablere metodar for sikker geologisk lagring av CO2. På lengre sikt vil det vere viktig å kunne betre eller utvikle teknologiar med potensial for høgare verknadsgrad og kostnadseffektivitet.
Energi21 er styresmaktene og energibransjen sin strategi for FoU i energisektoren. Strategien tek utgangspunkt i dei hovudmåla styresmaktene har for satsing på FoU innan energisektoren, der utvikling av ny teknologi for å avgrense energibruken og produsere meir miljøvenleg energi på ein effektiv måte står sentralt. Ein revidert Energi21-strategi vart lagt fram hausten 2014. Vasskraft og fleksible energisystem er løfta fram som to viktige tilrådde satsingsområde. Vidare blir solkraft, havvind, energieffektivisering og CO2-handtering tilrådde som prioriterte innsatsområde.
ENERGIX er Forskingsrådet sitt store, målretta program innan fornybar energi, effektiv energibruk, energisystem og energipolitikk, og miljø- og klimavenleg transport. Programmet skal medverke til utviklinga av eit heilskapleg energisystem som tek omsyn til berekraft og naturmiljøet. Om lag to tredelar, 234 mill. kroner, av det samla budsjettet i 2014 vart finansiert av OED. Programmet får løyvingar frå i alt seks departement.
Forskingssentra for miljøvenleg energi (FME) har som føremål å samle dei beste forskingsmiljøa i landet om ei felles satsing på sentrale tema på energiområdet. Senter er i dag etablerte innan fangst og lagring av CO2, vindkraft til havs, meir effektiv energibruk i bygningar, solceller, bioenergi og miljøriktig utvikling av fornybar energi og energipolitikk. Dei åtte første FME-sentra vart midtvegsevaluerte i 2014, med gode resultat.
OEDs plan for vidare arbeid
Regjeringa foreslår ei ytterlegare styrking av Fondet for klima, fornybar energi og energiomlegging. Eit kapitalinnskot på 14,25 mrd. kroner i 2016 er 5 mrd. kroner meir enn regjeringa tidlegare har lagt opp til og 9,25 mrd. kroner meir enn det som følgjer av Klimaforliket. Etter dette kapitalinnskotet vil kapitalbehaldninga vere på til saman 67,75 mrd. kroner. Kapitalinnskotet i 2016 vil gi auka avkastning frå budsjettåret 2017. Som følgje av tidlegare innskot vil avkastninga vere på om lag 1,6 mrd. kroner i 2016.
Regjeringa foreslår å overføre 1 506 mill. kroner av avkastninga til Energifondet, jf. kap. 1825, post 50 og 30 mill. kroner til Fond for CO2-handtering, jf. kap. 1840, post 50. Vidare er det lagt opp til at 80 mill. kroner av avkastninga skal dekkje utgiftene i 2016 til vidare planlegging av fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-handtering i Noreg, jf. kap. 1840. Resterande 20 mill. kroner er foreslått løyvd under kap. 1400 Klima- og miljødepartementet, post 76 Støtte til nasjonale og internasjonale miljøtiltak, og skal nyttast til å følgje opp regjeringas biogasstrategi under Innovasjon Norge.
Gassnova har, i samarbeid med Oljedirektoratet og Gassco, gjennomført ein idéstudie av aktuelle anlegg og løysingar for fangst, transport og lagring av CO2 i Noreg. Idéstudien viser at tre aktuelle industrianlegg kan vere interesserte i å gjennomføre moglegheitsstudiar av CO2-fangst. Desse tre er Norcem i Brevik, Yara i Porsgrunn og Energigjenvinningsetaten i Oslo kommunes avfallsforbrenningsanlegg på Klemetsrud. Når det gjeld transport og lagring av CO2 vil det bli sett i gang moglegheitsstudiar i løpet av hausten 2015, som skal vere avslutta i løpet av første halvår 2016.
I 2016 foreslår regjeringa å styrkje FME-ordninga med 40 mill. kroner. Den styrkte satsinga fell saman med at dei åtte første FME-ane blir avslutta i 2016/2017 og at Forskingsrådet har utlyst midlar til etablering av nye senter. Auken i løyvingar skal gå til etablering av større, tematisk breie FME-senter med auka internasjonalt samarbeid frå 2016.
Enova blir i 2016 tilført om lag 2,2 mrd. kroner, inkludert påslaget på nettariffen. Føretakets mandat vart i 2015 utvida til å omfatte transportsektoren. Enova har i dette høvet fått eit nytt sjuande hovudmål, som seier at Enova skal medverke til å redusere klimagassutsleppa i transportsektoren. Enova har lansert nye program retta mot transportsektoren. Enovas nye støtteprogram omhandlar energi- og klimateknologi i transport, under dette grøn skipsfart.
Enova si rettsbaserte tilskotsordning for ENØK-tiltak i eigen bustad blir utvida med høve for huseigar til å velje å få stønaden utbetalt som del av skatteoppgjeret. Ordninga blir utforma med sikte på eit støttenivå på 250 mill. kroner i 2016.
Førebygging av flaum og skred er eit viktig klimatilpassingstiltak. I statsbudsjettet for 2015 vart løyvingane til førebyggjande tiltak mot flaum og skred auka med om lag 55 mill. kroner. Regjeringa foreslår ei ytterlegare ekstraordinær styrking på 100 mill. kroner til flaum- og skredtiltak i 2016 som del av ei tiltakspakke for å auke sysselsetjinga. Vidare blir NVE sitt budsjett styrkt med 80 mill. kroner i 2016 til naudsynt opprydding og sikring etter flaumen på Vestlandet i oktober 2014.
8.2.13 Samferdselsdepartementet
Eitt av Samferdselsdepartementets (SD) hovudmål er å avgrense klimagassutslepp, redusere miljøskadelege verknader av transport, og medverke til å oppfylle nasjonale mål og Noregs internasjonale forpliktingar på helse- og miljøområdet. Bygging, drift og vedlikehald av vegar, jernbane, flyplassar og hamner kan medføre betydelege klimagassutslepp og irreversible endringar i naturmangfaldet. Ei optimal innretting av bygging, drift og vedlikehald, og satsing på jernbane, sykkel, gange og kollektive løysingar, kan likevel avgrense miljøpåverknad frå trafikken.
For å redusere utslepp må det blant anna fasast inn ny og miljøvennleg køyretøyteknologi for alle transportformene. Vidare må det leggjast til rette for meir miljøvennlege transportformer for å nå målet om at vekst i byområda skal takast av kollektiv, sykkel og gange.
SDs rapport for 2014
Transport er ei av dei største kjeldene til klimagassutslepp i Noreg. Sjå avsnitt 8.1.4 om klimagassbudsjett for oversikt over utslepp og utsleppsreduksjonar i transportsektoren.
Klimagassutsleppa frå vegtrafikken har auka med 31,1 pst. sidan 1990, men har vore om lag uendra i dei seinaste åra. Fleire køyretøy og auka køyrelengder aukar utsleppa. Samtidig gir meir energieffektive køyretøy, overgang frå bensin til diesel, el-/hybridbilar og innblanding av biodrivstoff lågare utslepp. Ved behandling av klimameldinga sette Stortinget eit mål om at utslepp frå nye personbilar ikkje skal overstige eit gjennomsnitt på 85 g CO2/km i 2020. Utsleppa frå nye bilar er reduserte frå 177 til 123 g/km frå 2006 til 2013 og til 99 g/km første halvår 2015. Talet på elbilar passerte 50 000 i april 2015, og var 59 683 pr. 1. august 2015. Så langt i år har 17,7 pst. av nybilsalet vore elbilar. Den store auken i elbilsalet kjem av store avgiftsfordelar og andre fordelar, som har ein betydeleg kostnad. Ladbare hybridbilar har fått eit kraftig oppsving etter at vektfrådraget i eingongsavgifta vart auka frå og med 1. januar 2015, og utgjer 4,6 pst. av nybilsalet så langt i år. Dette er ei firedobling samanlikna med same periode i fjor. Til saman står elbilar og ladbare hybridbilar for 22,3 pst. av salet i dei åtte første månadene av 2015.
Transport gir òg lokal luftforureining og støy. Det var ikkje overskridingar av grenseverdiane for svevestøv i 2014. Dei viktigaste kjeldene til svevestøv er eksosutslepp, vegslitasje , vedfyring, og langtransportert forureining. Det var overskridingar av grenseverdiane for NO2 i 2014 i Oslo og Bergen. Den viktigaste kjelda til utslepp er vegtrafikk.
Vegtrafikken er den største kjelda til støy. Den nasjonale handlingsplanen mot støy vart oppdatert i 2014, og transport er ein viktig del av denne. Statens vegvesen har eit program for å skaffe meir erfaring med støysvake vegdekke. I tillegg til tiltak som gjeld køyretøy, bildekk og støysvake vegdekke, er det viktig å halde ved like eksisterande støyskjermar. I 2014 starta arbeidet med å konkretisere korleis miljøomsyn kan leggjast til grunn når fartsgrenser skal fastsetjast. Ferdigstilte jernbaneprosjekt i 2014 bidreg til å redusere støy. Ein venta kraftig auke i trafikkmengda på enkelte jernbanestrekningar i tettbygde strok gjer likevel at fleire kan bli utsette for støy i 2015.
NOx-utslepp omfatta av Gøteborgprotokollen gjekk i 2014 ned med 5,4 pst. til 148 000 tonn, som var 8 000 tonn under kravet i protokollen og utsleppa frå vegtrafikken har blitt reduserte med om lag 2 000 tonn pr. år.
Det kan vere vanskeleg, eller umogleg, å reversere konsekvensane av utbygging av mellom anna infrastruktur for naturmangfaldet. Ein må derfor vere varsam både ved planlegging og bygging av nye samferdselsanlegg og ved drifta av eksisterande anlegg. Vegsalting kan påverke jordsmonn og vegetasjon, grunnvatn og overflatevatn. Av om lag 200 undersøkte innsjøar er 71 påverka av salt eller miljøgifter.
Jernbaneverket og Statens vegvesen starta i 2013 eit samarbeid om å utvikle metodikk for for- og etterundersøkingar, der konsekvensar for naturmangfald inngår. Metoden er no under utprøving og detaljering.
Kystverket har i fleire tilfelle samarbeidd med kommunar og Miljødirektoratet om fellesprosjekt for å rydde opp i forureina hamnebasseng.
Vinteren 2012/2013 var saltbruken på dei vegane Statens vegvesen har driftskontraktar for, om lag 215 000 tonn. I sesongen 2013/2014 var mengda redusert til om lag 188 000 tonn, mens det i sesongen 2014/2015 vart brukt 239 000 tonn salt. Saltbruken er sterkt knytt til meteorologiske forhold. Sesongen 2013/2014 var særs gunstig på Vestlandet, mens siste vinter var svært krevjande på Vestlandet.
SDs plan for vidare arbeid
Det er stor variasjon i når ulike tiltak reduserer klimagassutsleppa. Utvikling av jernbanetilbodet, stimulering til overgang av godstrafikk frå veg til sjø og bane og forsking og utvikling vil gi utsleppsreduksjonar på lang sikt, mens t.d. utskifting av bilparken til meir energieffektive biler vil ha ein rask effekt i den nasjonale utsleppsrekneskapen.
Flytting av gods frå veg til bane gir stor klimaeffekt. For 2016 er det sett av midlar til kryssingsspor og terminalar og det er ein kraftig auke i drift og vedlikehald på jernbane. Vidare held arbeidet med å elektrifisere Meråkerbanen og Trønderbanen fram. Sektoravgiftene for kystfarten er sette ned for å betre konkurranseevna for kystfarten i høve til veg. Det er òg ein kraftig auke i løyvingane til gang og sykkel.
Dei viktigaste utsleppsreduserande tiltaka frå luftfart er knytte til flåteutskifting og effektivisering av luftrommet og optimalisering av landingar og avgangar. Regjeringa vil satse på tiltak for transportsektoren som har effekt både på kort og lang sikt.
Nye krav til utslepp av NOx og NO2 blir fasa inn i perioden 2014–2016 som følgje av EURO 6-krava. Statens vegvesen har undersøkt utslepp frå Euro 6-bilar ved låge temperaturar. Resultata så langt i arbeidet viser at NOx- og NO2-utslepp frå tunge kjøretøy som bussar og lastebilar blir kraftig redusert for EURO 6-køyretøy, mens dieseldrivne privatbilar ikkje oppnår like god effekt av innføring av EURO 6-krava.
Transportetatane arbeider med å auke kunnskapen på naturmangfaldområdet og integrere den i relevante handbøker og prosedyrar. Råd og resultat frå konsekvensutgreiingar skal takast med i reguleringsføresegner eller i dei ytre miljøplanane i seinare planfasar.
Ingen samferdselsprosjekt som opnar i 2016 er vurderte til å ha svært stor negativ konsekvens for naturmiljø. Ved eitt vegprosjekt vil det vere 40 daa inngrep i eit naturreservat. Ingen vegprosjekt vil ha inngrep i eller nærføring til nasjonalparkar eller landskapsvernområde. Ved eitt jernbaneprosjekt vil det vere 7 dekar inngrep i landskapsvernområde. I 2016 vil fem registrerte konfliktar mellom veg og naturmangfald bli utbetra.
Arbeidet med å overvake eit utval av innsjøar som ligg nær ein veg, held fram i 2015 som ein del av overvaking av det samla arbeidet for å unngå miljøskadar i vassmiljøet. Statens vegvesen vil i 2016 gjennomføre tiltak ved om lag 15 vandringshinder. Jernbaneverket har sett i gang ei omfattande og systematisk kartlegging av forureina grunn og avfall. Dei ulike baneområda skal innan utgangen av 2015 ferdigstille planar for opprydding og eventuell sanering av funna, og i 2016 vil det bli gjennomført aktivitetar i samsvar med desse oppryddingsplanane.
SD forvaltar store klima- og miljørelaterte løyvingar. Viktige løyvingar i 2015 er forslag om nær 18 mrd. kroner til Jernbaneverket. I tillegg kjem i underkant av 3,2 mrd. kroner til kjøp av persontransporttenester med tog. Vidare er det foreslått 1105 mill. kroner til premieringsordninga for betre kollektivtransport i byområda, 300 mill. kroner til bymiljøavtaler, 100 mill. kroner i særskilt tilskot til Fornebubana, 600 mill. kroner til gang- og sykkeltiltak, 398,9 mill. kroner til akutt beredskap ved større forureining og 89,5 mill. kroner til kollektivtiltak på veg.
8.2.14 Utanriksdepartementet
Ved å integrere klima- og miljøomsyn i norsk utanriks- og utviklingspolitikk arbeider Utanriksdepartementet (UD) for å medverke til å førebyggje og løyse globale og regionale klima- og miljøutfordringar. Saman med satsinga på fornybar energi i utviklingspolitikken medverkar UD på denne måten til regjeringas heilskaplege klima- og miljøpolitikk.
Arbeidet med klima er gitt ein tydelegare plass i utanriks- og utviklingspolitikken, og har fått auka prioritet i utanrikstenesta, blant anna gjennom særskilt instruks til utanriksstasjonane.
Regjeringa støttar utviklingsland i deira arbeid med å gjennomføre internasjonale avtaler på miljøområdet. Det blir òg gitt støtte til prosjekt og kapasitetsbygging med sikte på at landa i Eurasia skal gjennomføre regionale miljøavtaler under FNs økonomisk kommisjon for Europa (UNECE).
Nordområda har høg prioritet i norsk miljø- og klimaarbeid, og UDs mål er at Noreg skal vere ein langsiktig og truverdig forvaltar av miljøverdiane også i nord, både nasjonalt, gjennom bilateralt samarbeid og i regionale forum som Arktisk råd og Barentsrådet.
UDs rapport for 2014
Det vart i 2014 utbetalt ca. 5 mrd. kroner til klima- og miljøtiltak.
Om lag ein tredjedel av EØS-midlane for perioden 2009 – 2014 er øyremerkte program innanfor klima og miljø i 16 europeiske land. Blant dei prioriterte innsatsområda er forvaltning av hav- og vassressursar og biologisk mangfald, reduksjon av klimagassutslepp og tilpassing til klimaendringar.
I 2014 vart det prioritert å delta i eit multilateralt miljø- og energiretta samarbeid i den EU-leia Western Balkans Investment Framework, der 18 EU-land i tillegg til Noreg er med.
Det har vore arbeidd med ei rekkje klimatiltak, til dømes:
20 mill. kroner til Climate and Clean Air Coalition
268 mill. kroner over fire år til reinare kokeomnar i utviklingsland
22 mill. kroner til Verdas meteorologiorganisasjons globale rammeverk for klimatenester (GFCS)
37 mill. kroner samla til MUL-fondet for klimaendringar og Spesialfondet for klimaendringar
26,1 mill. kroner for å støtte ei internasjonal satsing på fangst og lagring av CO2
31,5 mill. kroner til Klimakonvensjonens sekretariat
Satsinga på å fremje fornybar energi i utviklingsland skjer bilateralt og gjennom multilateralt samarbeid, Norfund, (inkludert det internasjonale energi- og klimainitiativet Energy +), internasjonale initiativ, og støtte til frivillige organisasjonar. Noreg har eit bilateralt samarbeid om fornybar energi med ei rekkje land. Dei viktigaste er Liberia, Uganda, Tanzania, Nepal og Mosambik. Den bilaterale energisatsinga fekk kritikk av Riksrevisjonen, i hovudsak støtta av Kontroll- og konstitusjonskomiteen. På bakgrunn av kritikken vart det sett i gang arbeid med ein gjennomgang og ny strategi.
Norfund investerte i 2014 om lag 2,69 mrd. kroner i rein energi. Fornybar energi utgjorde 1,37 mrd. kroner. Vasskraft har tidlegare dominert energiinvesteringane, men sol- og vindkraft, og frå 2014 også gasskraft, har auka betydeleg.
Døme på tiltak innan fornybar energi i utviklingsland er:
190 mill. kroner til Scaling up Renewable Energy (SREP) in low income countries
100 mill. kroner til International Finance Corporation Catalyst Fund, som mobiliserer privat kapital inn i klima- og energirelevante investeringar
Energy+ samarbeid med Etiopia (20 mill. kroner) og Bhutan (17,5 mill. kroner), i tillegg til avtale om Energy+ samarbeid med Nepal (100 mill. kroner) og resultatbasert finansiering på 100 mill. kroner til gjennomføring av SREPs investeringsplan i Liberia.
Lansering av «The 1 Gigaton Coalition» under FNs klimakonferanse i Lima i 2014, saman med UNEP, IRENA, Kenya, Storbritannia og FNs klimasekretariat.
Noreg gav om lag 40 mill. kroner til ulike tiltak retta mot biologisk mangfald, økosystemtenester og forvaltning av genressursar i tillegg til tilskota til FNs miljøprogram UNEP, Den globale miljøfasiliteten GEF og GRID.
Den årlege støtta til (UNEP) på 100 mill. kroner gjekk til organisasjonens arbeidsprogram. Grid Arendal fekk 27 mill. kroner til samarbeid bl.a. med UNEP om miljøvurderingar og -informasjon.
Den sjette påfyllinga av kjernefondet til GEF vart avslutta i april 2014. Det norske bidraget til fondet vart på 432 mill. kroner for perioden 2014 – 2018 og med årlege bidrag på 108 mill. kroner. GEF fokuserer i sin nye strategi sterkare på drivkreftene bak dei aukande globale miljøproblema. Det vart i 2013 framforhandla ein ny kvikksølvkonvensjon (Minimata-konvensjonen) med GEF som finansieringsmekanisme frå 2014.
Noreg har gjennom fleire år vore blant dei største bidragsytarane til UN-Habitat. Summen av årleg kjernestøtte og programstøtte vart i 2014 redusert til 45 mill. kroner.
I 2014 vart det utbetalt 25,3 mill. kroner til prosjekt innan miljøvernsamarbeidet med Russland, og 17,6 mill. kroner til arktisk miljøvernsamarbeid.
UDs plan for vidare arbeid
Det er anslått at den totale støtta til klima- og miljøområdet over UDs budsjett vil bli omtrent 5,4 mrd. kroner i 2016.
Regjeringas internasjonale satsing på klima, fornybar energi, naturressursforvaltning, miljø og berekraftig utvikling må sjåast i ein heilskapleg samanheng. Regjeringa foreslår at løyvinga til fornybar energi blir redusert med 300 mill. kroner for 2016. Redusert støtte til fornybar energi dei seinare åra har gitt rom for ei styrking av annan klimainnsats blant anna gjennom bidrag til det grøne klimafondet, reine kokeomnar, og innsats for utfasing av fossile subsidiar. Redusert støtte til fornybar energi er òg resultat av strategiske val og justeringar av prosjektporteføljen om færre land, kanalar og initiativ for å sikre betre styring og resultatoppnåing.
Partsmøtet for Ozonfondet har bestemt å fylle på det multilaterale fondet med 437,5 mill. amerikanske dollar. Det norske årlege bidraget blir på ca. 10,4 mill. kroner i 2016.
UD vil arbeide for at UNEP skal vere FNs fremste miljøaktør, at FN legg vekt på UNEPs rolle som kunnskapsleverandør og at UNEP på sikt skal bli ein medlemsbasert særorganisasjon i FN.
Omfanget av miljøkriminalitet er stort og ofte knytt til organisert kriminalitet. Noreg vil støtte multilateralt arbeid på dette viktige feltet.
UD har sett i gang arbeid med ein ny strategi for fornybar energi i utviklingspolitikken. Strategien vil leggje vekt på sterkare resultatorientering av innsatsen, konsentrasjon om færre samarbeidsland og færre internasjonale initiativ, og å leggje til rette for meir privat kapital og kommersielle investeringar i fornybar energi. Den overordna målsetjinga er å medverke til FNs berekraftsmål om universell tilgang til moderne energitenester.
Det vil bli lagt stor vekt på å bruke bistandsmidlar strategisk slik at privat og kommersiell kapital kan utløysast og medverke til dei omfattande investeringsbehova på energiområdet i fattige land.
I samband med utarbeiding av den nye strategien for fornybar energi i utviklingspolitikken, er det bestemt å leggje ned Energy+ som eige prosjekt, men der relevante komponentar vil bli førde vidare i utvalde samarbeidsland. The 1 Gigaton Coalition vil bli halden ved lag og levere årlege rapportar fram til 2020.
Det grøne klimafondet (GCF), der Noreg sit i styret, skal givast særleg prioritet som kanal for multilateral klimafinansiering til utviklingsland i dei kommande åra. GCF er kanal for finansieringsmekanismen under klimakonferansen. Fondet skal støtte både tiltak for utsleppsreduksjon og klimatilpassing. GCF er kapitalisert i 2015, og konkrete finansieringsvedtak om prosjekt kan bli fatta. Regjeringa har gitt tilsegn om eit norsk bidrag på 1,6 mrd. kroner for perioden 2015–2018. Noreg medverkar med 400 mill. kroner til fondet i 2016.
Vassressursforvaltning og tilgang til tilfredsstillande vatn og sanitærtenester er eitt av FNs nye berekraftsmål, og Noreg vil støtte dette innan helse, utdanning, mattryggleik og klimatilpassing.
Klimaendringar, havmiljø, reduksjon av forureining, bevaring av biodiversitet og miljøovervaking vil framleis vere viktige satsingsområde for Noregs arbeid i Arktisk råd. Det bilaterale miljøsamarbeidet med Russland skal særleg rettast mot heilskapleg forvaltning av miljøet i Barentshavet, reduksjon av forureining og miljøovervaking i grenseområda, grenseoverskridande verneområde, bevaring av felles sårbare og truga arter, og reduksjon av risiko for radioaktiv forureining.
8.3 Klima- og miljøansvar i staten
Det blir arbeidd aktivt med klima- og miljøansvar i staten. Gode, enkle og effektive miljøleiingssystem, for eksempel ISO 14001, EMAS (Eco Management and Audit Scheme) eller Miljøfyrtårn, sikrar at verksemda har oversikt over dei mest vesentlege miljøbelastningane og har målsetjingar og rutinar for kontinuerleg å redusere desse. For dei fleste statlege verksemdene vil tema som anskaffingar, energibruk i bygg, IKT, transport og avfallshandtering stå sentralt. Miljøstyringssystemet skal medverke til kontinuerleg forbetring av den totale klima- og miljøpåverknaden frå departementsfellesskapet. I tillegg til ei meir klima- og miljøvennleg departementsverksemd, medverkar arbeidet også til modernisering og effektivisering.
Departementas tryggleiks- og serviceorganisasjon (DSS) har leia innføringa av eit felles miljøstyringssystem i departementa i medhald av krava i EMAS. DSS har hovudansvaret for oppfølginga av styringssystemet, men departementa er sjølve ansvarlege for å følgje opp sine interne miljøstyringssystem. Miljøkrav blir rutinemessig vurdert ved kvar anskaffing. Av felles-/rammeavtaler inngått av DSS på vegner av departementa er det i 67 pst. av tilfella stilt miljøkrav, og 67 pst. av leverandørane er miljøsertifiserte.
Fleire underliggjande etatar og andre statlege verksemder har miljøleiingssystem og arbeider systematisk med å redusere miljøbelastningar gjennom anskaffingar og dagleg drift. Pr. august 2015 er 456 statlege verksemder Miljøfyrtårnsertifiserte.
9 Fornye, forenkle, forbetre
9.1 Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft
Organisering
Klima- og miljødepartementet er overordna styresmakt for Miljødirektoratet, Riksantikvaren, Norsk Polarinstitutt, Norsk kulturminnefond og Svalbards miljøvernfond.
Det statlege miljøarbeidet blir regionalt teke vare på av miljøvernavdelingane hos Fylkesmannen, fylkeskommunane og sysselmannen på Svalbard. Etatar som Statens strålevern, Norad og Sjøfartsdirektoratet har oppgåver innanfor miljøområdet som Klima- og miljødepartementet styrer.
Informasjon om tilsette i statleg tariffområde sjå: www.regjeringen.no/tjenestemannsregisteret.
Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i departementet
Klima- og miljødepartementet planlegg, og er i gang med å gjennomføre tiltak, som skal betre og forenkle arbeidet i departementet og hos underliggjande etatar. KLD har i løpet av dei siste to åra omorganisert departementet, og gjennomført ein organisasjonsutviklingsprosess for dei administrative tenestene. Dette har medført at alle servicetenester og forkontortenester er samla i eit internt servicetorg, og at ansvar, oppgåvefordeling og grenseflater mellom avdelingane har blitt tydeleggjort. Departementet har òg teke i bruk nye elektroniske verktøy og løysingar som forenklar rapporteringar og arbeidsprosessar internt. Arbeidet med å fjerne interne tidstjuvar har vore og er ei prioritert oppgåve for departementet.
I 2015 har KLD ført vidare arbeidet frå 2014 med å redusere talet på nasjonale mål, og betre og forenkle Prop. 1 S og tildelingsbreva til etatane. I 2015 vart talet på nasjonale mål redusert frå 75 til 26. Som eit resultat av reduksjonen, ventar departementet at etatane er i betre stand til å prioritere klima- og miljøarbeidet meir målretta. KLD har òg starta eit arbeid med å redusere rapporteringskrava til etatane. Bakgrunnen er blant anna tilbakemelding frå etatane til departementet om opplevde tidstjuvar.
KLD ønskjer ei meir effektiv gjennomføring av EØS-regelverket, og har i samarbeid med Miljødirektoratet laga rutinar for gjennomføring av EØS-regelverk. KLD har òg gitt innspel til den kommande, reviderte utgreiingsinstruksen, slik at den skal spegle det særeigne med gjennomføringa av EØS-rettsakter. På kulturområdet vil departementet i samarbeid med Kunnskapsdepartementet starte eit arbeid med å etablere ein meir heilskapleg forvaltningsstruktur, og betre utnytting av ressursane i forvaltninga av automatisk freda arkeologiske kulturminne og skipsfunn. Under dette er målet å betre rutinar og rettleiingsmateriell som gjer tydeleg ansvarsdelinga mellom aktørane.
Forenklingsarbeid, modernisering og betre gjennomføringskraft i etatane
Etatane underlagt Klima- og miljødepartementet har i 2014 og 2015 arbeidd målretta for å betre gjennomføringskrafta og ta ut effektiviseringsgevinstar. Nokre av tiltaka er sette i gang på bakgrunn av tidstjuvprosjektet, mens andre tiltak er eit resultat av etatane sitt kontinuerlege forbetringsarbeid og behovet for å redusere kostnader.
Ved samanslåinga av Direktoratet for naturforvaltning og Klima- og forureiningsdirektoratet har det i 2014 og 2015 blitt teke ut innsparingsgevinstar på totalt 19 mill. kroner på Miljødirektoratets driftspost. Miljødirektoratet har vidare lagt ned eit stort arbeid for å få på plass nye gode rutinar og prosedyrar som fremjar forbetring og effektivitet i det nye direktoratet, og har sett i gang fleire ressurssparande tiltak i 2014 og 2015. Delt lokalisering av etaten (hovudsakleg Oslo og Trondheim) har medført behov for å utvikle gode kommunikasjonsløysingar. Reiser er i stor grad erstatta med Lync-møte, som medfører betydelig innsparing av tid, lågare reisekostnader og redusert miljøbelastning. Miljødirektoratet har òg sett i verk eit arbeid med innføring av nytt kvalitetssystem basert på ISO 9001-standarden, der alle større interne prosessar blir gjennomgått. Føremålet er å sikre godt tilgjenge, vere føreseieleg og redusere mengda dobbeltarbeid.
Norsk Polarinstitutt har sidan årsskiftet gjennomført ein brei gjennomgang av instituttet si verksemd med tanke på å auke inntektsstraumen og redusere kostnadene. Dette blir gjort ut frå behovet for å effektivisere og behovet for å utvikle/omstille verksemda endå meir tilpassa samfunnsoppdraget. Det har gjennom prosjektet blitt identifisert mange tiltak der nokre allereie er implementerte, mens andre vil krevje noko utgreiing før dei kan setjast i verk.
Fire av etatane som Klima- og miljødepartementet er overordna etatsstyrar for, har i løpet av 2014 betra dei digitale løysingane sine, eller er i ferd med å betre dei. Riksantikvaren har laga fleire digitale løysingar for å forenkle og betre rapporteringa i 2014, under dette tilskotsverktøyet «Askeladden». Askeladden medverkar til å sikre betre kontroll, dokumentasjon og rapportering av tilskota til freda bygningar i privat eige (jf. kap. 1429, post 71).
Norsk Kulturminnefond har i 2014 innført elektronisk søknadsskjema for alle tilskotsordningar. Dette resulterte i at omtrent 40 pst. av brukarane tok i bruk denne moglegheita i 2014, noko som også har medført betydeleg redusert belastning for fondet sin administrasjon.
Miljødirektoratet har gjennomgått bruken av elektronisk søknadssenter (ESS) hos alle fylkesmenn og fylkeskommunar for å sjå om moglegheitene i ESS blir utnytta fullt ut. Analysen viser at to tredelar av fylkesmennene utnyttar funksjonaliteten i ESS knytt til behandling av søknader. I 2015 vil Miljødirektoratet ha ein gjennomgang med dei fylkesmennene som ikkje nyttar verktøyet som føresett. Vidare går det føre seg eit kontinuerleg arbeid med å betre Forureiningsdatabasen, som delvis blir handtert av Miljødirektoratet gjennom eit samarbeidsforum mellom tilsynsetatane. Samarbeidsforumet har laga ein tiltaksplan over prosessar som er relevante for å betre databasen.
Etatane underlagt Klima- og miljødepartementet viser til at desse forbetringane, og dertil effektivisering av arbeidsrutinane, medverkar til ei meir effektiv drift, og gjer det enklare for brukarane å nytte elektroniske løysingar.
IKT-strategi for miljøforvaltninga
Ny IKT-strategi for miljøforvaltninga er under utarbeidelse og planlegges ferdigstilt i 2015. Strategien gjeld for perioden 2016-2020 og i tråd med regjeringens overordnede fokus for forvaltningen, legges det vekt på samordning og effektivisering av IKT-systemene. Dette er et omfattende arbeid som setter høye krav til samarbeid og planlegging, og det legges opp til en kontinuerlig utviklingsprosess. Videre legger strategien opp til enklere og mer brukervennlige løsninger gjennom digitalisering, tilgjengeliggjøring og tilpasning av tjenester rettet mot brukerne.
Nettstader og portalar
Nettstaden www.miljøstatus.no er Noregs største informasjonsbank om miljø. Her blir informasjon om miljøtilstand og utvikling fortløpande oppdatert og tilpassa aktuelle utfordringar. Eit vesentleg mål er å skape forståing for samanhengane mellom miljøtilstanden, kva som påverkar han, konsekvensar og tiltak. Miljødirektoratet er redaktør på vegner av heile miljøforvaltninga.
Nettstaden www.miljøkommune.no er ein vegvisar for kommunane og er ein stadig viktigare kommunikasjonskanal mellom staten og kommunane innan kommunens miljøoppgåver. Nettstaden samlar og legg til rette rettleiing frå miljøetatane til kommunane, og skal medverke til miljøforbetring ved å hjelpe kommunane til å nytte miljømyndet og utføre pliktene på miljøområdet betre og meir effektivt enn i dag. Miljødirektoratet har redaktøransvaret for nettstaden som er eigd av Klima- og miljødepartementet.
Miljødirektoratet driftar òg nettstaden www.erdetfarlig.no – der du finn oversikt over dei mest helse- og miljøskadelege stoffa ein kan finne i vanlege forbrukarprodukt. Vidare får du hjelp til å finne dei mest miljøvennlege alternativa og til å kaste produkta riktig når du skal kvitte deg med dei.
I løpet av dei siste åra har det komme mykje ny kunnskap om klimatilpassing frå forsking, statleg forvaltning og kommunar. Nettportalen www.klimatilpasning.no har som mål å samle aktuell kunnskap og informasjon om klimatilpassing på ein stad. Portalen er laga hovudsakleg for dei som skal leggje planar og ta avgjerd lokalt og regionalt, men informasjonen skal òg vere lett tilgjengeleg og interessant for alle som er opptekne av kva klimaendringar vil bety for det norske samfunnet. Nettstaden blir drifta av Miljødirektoratet på vegner av Klima- og miljødepartementet. Utvikling av versjon to er i gang.
Miljøforvaltninga arbeider kontinuerleg med å tilpasse og leggje til rette informasjon for ulike brukarar ved hjelp av ny teknologi og i nye kanalar på nett. Miljøstatus.no har mellom anna gjort tilgjengeleg ei rekkje av karttenestene sine for smarttelefonar og nettbrett. Både Klima- og miljødepartementet og fleire underliggjande etatar er til stades og kommuniserer aktivt i sosiale medium. På Facebook og Twitter treffer ein både gamle og nye brukarar på nye måtar.
9.2 Samfunnstryggleik og beredskap
Klima- og miljødepartementet er overordna ansvarleg, samordnande departement for områda natur og miljø, kulturminne og symbol og avløpshandtering.
Arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap tek utgangspunkt i dei måla og prioriteringane som er gitt i Meld. St. 29 (2011 – 2012) Samfunnssikkerhet og Meld. St. 21 (2012 – 2013) Terrorberedskap.
Det er sett som nasjonalt mål at forureining ikkje skal skade helse og miljø. Målet omtaler òg risiko for akutt forureining. Sjå nærare utdyping av målene i boks 2.2 i kapittel 2. Måla innebærer til dømes at:
Risiko for utslepp og bruk av kjemikaliar som er årsak til skade på helse og miljø skal minimerast.
Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan vere årsak til helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte.
Risikoen for akutt oljeforureining skal haldast på eit lågt nivå og risikoen skal kontinuerleg søkjast ytterlegare redusert.
Verksemd som kan føre til akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i forhold til risikoen for akutt forureining.
Det er òg eit nasjonalt mål at branntilløp og brann i stavkyrkjer, og brannspreiing mellom hus i tette trehusmiljø skal unngåast. Dette medfører at:
Brannsikring av stavkyrkjer, tette trehusmiljø og mellomalderbygningar skal prioriterast.
Dei 28 stavkyrkjene skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2015.
Prioriterte ruinar og profane bygningar frå mellomalderen skal ha eit ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.
Departementet vil halde fram arbeidet med risiko- og sårbarheitsanalysar, overordna risikobilde for miljøsektoren, øvingar og beredskapsplanverk. Erfaringar frå øvingar og hendingar blir lagt til grunn for å utvikle og halde ved like beredskapsplanverket. Alle etatane gjennomfører eigne analysar for å ha oversikt over risiko og sårbarheit innan sitt område.
Miljøforvaltninga stiller krav til kommunar og private verksemder sin beredskap mot akutt forureining, godkjenner beredskapsplanar og kontrollerer at krava blir overhaldne. Samferdselsdepartementet og Kystverket er ansvarleg for den statlege beredskapen mot akutt forureining, her har miljøforvaltninga eit ansvar for å framskaffe miljøinformasjon og vurdere konsekvensane av utslepp på blant anna natur og dyreliv. Norsk Polarinstitutt stiller krav om beredskap for akutt forureining og tiltak for å ta vare på tryggleiken for liv og helse ved gjennomføring av aktivitetar i Antarktis.
Departementet har eit ansvar etter forureiningslova dersom eit uhell medfører radioaktive utslepp og avfall. Statens strålevern vil kunne treffe tiltak for utslepps- og avfallshandtering, som igjen kan påklagast til departementet. Helse- og omsorgsdepartementet har det overordna ansvaret for atomulykkeberedskapen.
Statens strålevern utviklar planverk for miljøforvaltninga på atomberedskapsområdet. Aktuelle tiltak som vil vere omfatta av forureiningslova er fjerning og deponering av vegetasjon eller radioaktive massar, fiksering av radioaktivitet i miljøet, handtering av avløpsvatn eller fjerning og deponering av radioaktivt avfall.
I tråd med ansvarsprinsippet har alle departementa ansvar for å ta vare på omsynet til klimaendringar innanfor eigen sektor. Departementet har ansvaret for å leggje til rette regjeringas heilskaplege arbeid med klimatilpassing. Miljødirektoratet er den fagetaten som støttar departementet i arbeidet med klimatilpassing. Miljødirektoratet har blant anna eit ansvar for at departementet har tilgang til det naturvitskaplege kunnskapsgrunnlaget gjennom nasjonal og internasjonal klimaforsking. Dette kunnskapsgrunnlaget skal brukast i gjennomføringa av departementet sitt arbeid med klimatilpassing.
Kulturminneforvaltninga har eit tett samarbeid med Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap og kommunane om beredskap og sikring av kulturminne. Samarbeidet er viktig for blant anna branntryggleiken i verneverdig tett trehusbusetnad og stavkyrkjer. Det vil òg bli retta tiltak mot profane bygningar og prioriterte ruinar frå mellomalderen.
Sett ut frå samfunnstryggleiken er det særleg handtering av overvatn som er aktuelt. Departementet har eit koordinerande ansvar for å sikre tilstrekkelege rammevilkår og verkemiddel for kommunane si handtering av overvatn. Miljødirektoratet er gitt ansvaret for å ha oversikt over regelverk og rammevilkår for kommunane. Noregs vassdrags- og energidirektorat og Meteorologisk Institutt vil gjennom Senter for klimatenester ha ei viktig rolle i å utvikle og formidle kunnskap og informasjon om verknadene av ekstrem nedbør på overvass- og flaumsituasjonar i byar og tettstader.
Akutt overvatn i byar og tettstader vil først og fremst føre til tap av store materielle verdiar og auka forureining. Med venta auke i nedbørsmengdene dei neste åra som følgje av klimaendringar, er det truleg at talet på alvorlege hendingar med overvatn vil auke. I etterkant av klimatilpassingsmeldinga har Regjering oppnemnt eit utval som skal vurdere om det er påkravd med nye tiltak for å møte auka nedbørsmengder i framtida. Utvalet vil overlevere sin NOU 1. desember 2015.
9.3 Informasjonstryggleik
I nasjonal strategi for informasjonstryggleik og handlingsplan er det slått fast at fagdepartementa har eit overordna ansvar for å ivareta tryggleiken i sektoren sin IKT-infrastruktur, og at arbeidet med informasjonstryggleik i sektoren er tilfredsstillande. I arbeidet med å følgje opp strategien har departementet gitt underliggjande etatar i oppdrag å få på plass eit styringssystem for informasjonstryggleik, (ISMS), som oppfyller krava i ISO 27001-standarden innan 2017. Departementet følgjer opp framdrifta i dette arbeidet.
Det blir arbeidd med å få på plass eit styringssystem for informasjonstryggleik (ISMS) i KLD innan 2017. KLD har saman med dei andre departementa utvikla ein ISMS for IKT-systema som er drifta av DSS. Resultatet av arbeidet er sendt KMD og DSS. Departementet har teke i bruk nye felles graderte system, og vil utvide bruken av dette når meir blir tilgjengeleg.
Det går føre seg eit planleggingsarbeid mellom departementet og etatane for å få på plass eit felles responsmiljø for IKT-tryggleiksshendingar i sektoren.
9.4 Rapport om likestilling og mangfald i miljøforvaltninga
Miljøforvaltninga er pålagt å arbeide aktivt, målretta og planmessig for likestilling og mot diskriminering innanfor eiga verksemd. Tabellane 9.1, 9.2 og 9.3 viser kvinnedelen i verksemdene, totalt og på ulike stillingsnivå, samanlikning av kvinner og menn si månadlege gjennomsnittslønn på ulike stillingsnivå, statistikk for menn og kvinner sitt sjukefråvær, delen av menn og kvinner på deltid og mellombels stilling og fordeling av uttak av foreldrepermisjon for 2014. Norsk kulturminnefond har svært få medarbeidarar og er derfor ikkje med i oversiktene.
Tabell 9.1 Oversikt over del kvinner i pst
Totalt | Topplei.1 | Mellomlei. | Høgtlønte rådg.2 | Saksbeh. | Kontor | |
---|---|---|---|---|---|---|
KLD | 57,5 | 42,8 | 56,2 | 40,0 | 59,3 | 80,0 |
Miljødirektoratet | 53,9 | 100 | 46,4 | 55,9 | 49,3 | 87,5 |
NP | 40,0 | 50,0 | 42,0 | 38,0 | 60,0 | 83,0 |
RA | 58,0 | 67,0 | 62,0 | 54,0 | 66,0 | 29,0 |
1 Toppleiar omfattar øvste leiar og leiar av avdelingar (mellomleiarar er leiarar av seksjonar og einingar under avdelingsnivå), unntatt for Miljødirektoratet der toppleiar berre omfattar øvste leiar.
2 Høgtlønte rådg. omfattar seniorrådgivarar, spesialrådgivarar og tilsvarande stillingar.
Tabell 9.2 Prosentoversikt over kvinnene og mennene si gjennomsnittslønn
KLD | Miljødirektoratet | NP | RA | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
K | M | K | M | K | M | K | M | |
Totalt | 91,5 | 100 | 96,6 | 100 | 95,0 | 100 | 100,0 | 99,0 |
Topplei. | 93,4 | 100 | 100 | 0 | 99,0 | 100 | 78,0 | 100 |
Mellomlei. | 99,9 | 100 | 96,9 | 100 | 100 | 100 | 96,0 | 100,0 |
Høgtlønte rådg. | 94,3 | 100 | 96,4 | 100 | 98,0 | 100 | 99,0 | 100 |
Saksbeh. | 98,0 | 100 | 98,8 | 100 | 99,0 | 100 | 98,0 | 100,0 |
Kontor | 100 | 73,4 | 100 | 98,4 | 100 | 90,0 | 100 | 94,0 |
Tabell 9.3 Oversikt over deltid, mellombelse stillingar, foreldrepermisjon og fråvær fordelt på kvinner og menn
KLD | Miljødirektoratet | NP | RA | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
K | M | K | M | K | M | K | M | |
Deltid1 | 15,7 | 7,1 | 17,0 | 6,6 | 13,8 | 3,0 | 14,7 | 5,9 |
Mellombelse2 | 16,5 | 8,1 | 9,3 | 3,3 | 35,3 | 21,2 | 22,1 | 11,7 |
Legem. fråv. 2014 | 2,5 | 2,1 | 4,1 | 2,1 | 3,8 | 1,6 | 4,0 | 4,3 |
Foreldreperm.3 | 73,9 | 26,1 | 79,7,0 | 20,3 | 0 | 0 | 50,0 | 50,0 |
1 Pst. del av kvinner/menn på deltid (av totalt tal kvinner eller menn)
2 Pst. del av kvinner/menn i mellombels stilling (av totalt tal kvinner eller menn)
3 Pst. del av det totale foreldrepermisjonsuttaket som blir teke ut av kvinner/menn
I det følgjande er rapportert status og tiltak i dei enkelte verksemdene.
Klima- og miljødepartementet
Det er små endringar i kjønnsbalansen i departementet i dei ulike stillingskategoriane. Lønnsforskjellane totalt sett har blitt noe større, men det er blitt mindre forskjell blant høgare lønna rådgivarar. På toppleiarnivå i departementet (departementsråd og ekspedisjonssjefar) er det tre kvinner og tre menn. Departementet har òg ansvar for tilsetjing av direktørane for underliggjande etatar, og blant desse er det ei kvinne og tre menn. Kjønnsfordelinga blant medarbeidarane i departementet sine avdelingar, og innan dei enkelte fagområda, er stort sett jamn, men det er eit fleirtal av kvinner i kontorstillingane. Rekruttering og ny organisering er viktige verkemiddel for å få jamn fordeling av kjønn på ulike fagområde og nivå i organisasjonen, saman med tilbod om individuell kompetanse- og karriereutvikling. Ein gjennomgang av alle kunngjorde stillingar i 2014 (mars – desember) viser at av den totale søkjarmassen var 61,3 pst. kvinner. Av medarbeidarane som vart tilsette i desse stillingane var 73,9 pst. kvinner. Eit hovudmål i lønns- og personalpolitikken er å medverke til likestilling mellom kjønna. Eitt av måla i Klima- og miljødepartementets rekrutteringsstrategi er å auke delane av medarbeidarar med innvandrarbakgrunn og medarbeidarar med redusert funksjonsevne. For å oppnå dette skal personar i målgruppene oppfordrast til å søkje på stillingar i departementet, og kvalifiserte søkjarar skal innkallast til intervju. Strategien inneheld òg tiltak for å finne fleire aktuelle kandidatar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne, blant anna gjennom samarbeid med NAV og utlysning av stillingar på inkludi.no. Det skal òg satsast på haldningsskapande arbeid internt.
Miljødirektoratet
Kjønnsfordelinga på etatsnivå i Miljødirektoratet er relativt jamn med 53,9 pst. kvinner og 46,1 pst. menn. Samanlikna med tal for 2013 er dette berre 0,1 pst. skilnad. Direktoratet ser likevel at det i nokre seksjonar er ubalanse i kjønnsfordelinga som det kan vere grunn til å arbeide målretta med for å utlikne.
Innanfor dei enkelte stillingsgruppene er det ei forholdsvis jamn kjønnsfordeling. Unntaket er for gruppa kontorstillingar der det er 87,5 pst. kvinner og 12,5 pst. menn.
Totalt for verksemda er det lønnsmessig noko skilnad mellom kjønna. Kvinner har 3,4 pst. lågare lønn enn menn. I 2013 var skilnaden på 7 pst., noko som betyr at den no er halvert. På stillingsnivå finner ein den same ubalansen på alle stillingsgrupper unntatt på kontorstillingar, der menn har 1,6 pst. lågare lønn enn kvinner. I toppleiinga er det berre ei kvinne og derfor ingen å samanlikne med. Kontorstillingane har berre 16 tilsette og er derfor ei marginal gruppe som i liten grad motverkar ubalansen i dei andre stillingsgruppene. Direktoratet vil gjennom lokale forhandlingar halde fram arbeidet med å utlikne skilnadene for å ta vare på likestillingsperspektivet i lønnsutviklinga.
Det er 10 pst. fleire deltidstilsette blant kvinner enn blant menn, og 6 pst. fleire kvinner enn menn er mellombels tilsett. Dette er tilnærma uendra frå 2013.
Miljødirektoratet er IA-bedrift, og har i 2014 inngått ny IA-avtale med målsetjingar for å redusere sjukefråvær, fremje integrering og auke pensjonsalderen. Sjukefråværet er etter måten lågt med eit legemeldt fråvær på 3,1 pst. Kvinner har eit noko høgare fråvær, med 4,1 pst. mot menns fråvær på 2,1 pst. Det totale fråværet inkludert eigemeldt fråvær er på 4,5 pst. Ei systematisk oppfølging av sjukefråværet i medhald av retningslinjer frå NAV er eit viktig tiltak for å avgrense sjukefråvær og eventuell uførepensjonering. På det førebyggjande området er det etablert gode kartleggingsrutinar for fysisk og psykososialt arbeidsmiljø. På sistnemnte område nyttar ein statens eige kartleggingssystem, Avant, med tilhøyrande oppfølgingsmetodikk på einings- og etatsnivå.
Miljødirektoratet er framleis i ein oppbyggingsfase, og det er enno ikkje utarbeidd eigne handlingsplanar for å fremje likestilling eller auka etnisk mangfald.
Det blir arbeidd for integrering av arbeidstakarar som har falle utanfor arbeidslivet gjennom å tilby praksisplassar, og direktoratet har rutinar på å innkalle arbeidstakarar med redusert funksjonsevne til intervju under føresetnad av at dei er kvalifiserte.
Miljødirektoratet har forplikta seg gjennom si tilpassingsavtale til Hovudavtalen å bruke fordeling av arbeidsoppgåver som kvalifiserer til avansement, under dette teamleiing, prosjektleiaroppgåver, fungering i leiarstillingar mv. som aktive verkemiddel for å fremje likestilling. Vidare legg tilpassingsavtala opp til at det i offentleg oppnemnde styrer, råd og utval skal sikrast at forslag til representantar skjer i medhald av likestillingslovas § 21. I interne arbeidsgrupper og utval blir likestillingslovas intensjonar følgt så langt det er praktisk mogleg både frå dei tillitsvalte og leiinga si side.
Miljødirektoratet legg til rette for tilsette med nedsett funksjonsevne med bistand frå bedriftshelseteneste/fysioterapeut gjennom arbeidsplasskartleggingar og rådgiving i det enkelte konkrete tilfelle. Direktoratet har gjennom IA-avtala forplikta seg til å ta imot 1 – 2 praksisplassar for arbeidstrening gjennom NAV.
I Miljødirektoratets tilpassingsavtale til Hovudavtalen er det teke inn formuleringar om bruk av kjønnsnøytrale kriterium og praksis. Det er i tilpassingsavtala vidare teke inn formuleringar som skal sikre at praktisering av permisjonsreglar og andre rettar ikkje skal føre til at kvinner får dårlegare vilkår enn menn. Direktoratets lønnspolitikk fastset at ved arbeidsstart etter foreldrepermisjon som har vara ut over 6 månader skal arbeidstakar bli tilboden ein samtale om kompetanse, ansvar, lønn og karriereutvikling.
Riksantikvaren (RA)
Tala for 2014 viser at lønnsforskjellen mellom kvinner og menn for toppleiarar er redusert samanlikna med føregåande år med 5 prosentpoeng. Gjennomsnittslønn i 2014 var for kvinner 78 pst. av gjennomsnittslønn for menn.
På mellomleiarnivå er det menn som har størst auke på gjennomsnittslønn. Gjennomsnittslønn i 2014 var for kvinner 95 pst. av gjennomsnittslønn for menn, og forskjellen har auka med 2 prosentpoeng frå føregåande år.
For høgre lønna rådgivarar var gjennomsnittslønn i 2014 for kvinner 99 pst. av gjennomsnittslønn for menn. Det er uendra samanlikna med føregåande år.
For saksbehandlarar har gjennomsnittslønn for kvinner auka mest i 2014, og gjennomsnittslønn for menn var i 2014 på 99 pst. av gjennomsnittslønn for kvinner. For kontorstillingar er fordelinga uendra samanlikna med føregåande år og gjennomsnittslønn for menn er 94 pst. av gjennomsnittslønn for kvinner.
Totalt for RA har gjennomsnittslønn for kvinner i 2014 auka mest og gjennomsnittslønn for menn er 99 pst. av gjennomsnittslønn for kvinner.
Tala for 2014 viser ingen endringar i kjønnsfordeling innanfor dei fleste stillingskategoriane. Totalt sett er delen kvinner redusert med 2 prosentpoeng samanlikna med føregåande år, men dei er framleis i fleirtal ved at 58 pst. av dei tilsette er kvinner. Reduksjonen av delen kvinner er innanfor saksbehandlarar og i kontorstillingar.
RA har innarbeidd mål i handlingsplan for HMS og IA for tilrettelegging og tilsetjing av tilsatte med nedsett funksjonsevne.
Norsk Polarinstitutt (NP)
Tal for 2014 viser at NP har klart å utjamne forskjellen i lønn mellom kvinner og menn som framkom i deira statistikk frå 2013, og at NP no har tilnærma likelønn ved instituttet. Både ved tilsetjingar og i seinare lønnsoppgjør vil NP vere merksame på problemstillinga.
Norsk Polarinstitutt har som overordna mål å vere ein arbeidsplass der likestillingsperspektivet er ein integrert del av verksemda på alle nivå. Målet er at alle dei tilsette sine erfaringar og kunnskap blir gjort nytte av med det formål å skape ein mest mogleg effektiv arbeidsplass.
Det er utarbeidd ny Handlingsplan for likestilling og mangfald ved Norsk Polarinstitutt for perioden 2014 – 2017. Instituttet har òg eigen likestillingskontakt som arbeider for likestilling på alle plan i NP.
NP utarbeidde i 2010 plan for universell utforming for deira lokaler. Intensjon med planen er at NP skal vere ein arbeidsplass som fremjar like høve og rettar til samfunnsdeltaking for alle, uavhengig av funksjonsevne, og hindre diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne. Norsk Polarinstitutt fører ein livsfasetilpassa personalpolitikk som gjer mogleg eit livslangt arbeidsliv for alle tilsette og som sikrar ein god balanse mellom familie, fritid og arbeid.
NP skal vere ein likestilt arbeidsplass der kvinner og menn har like høve til medbestemming, påverknad og avansement i alle delar av organisasjonen. Likestilling skal vere integrert i det daglege arbeidet. Eventuelle kjønnsrelaterte lønnsskilnader skal kartleggjast på alle nivå og søkjast utjamna ved dei lokale lønnsforhandlingane. Ny lønnspolitisk plan er utarbeidd i 2012, og likestillingselementet er lagt vekt på i utforminga av planane.
NP har inngått samarbeidsavtale med INN Tromsø for på best mogleg måte få utanlandske arbeidstakarar integrerte i det norske samfunnet.
9.5 Likestillingsvurdering på fagbudsjettområda
Offentlege verksemder er i likestillingslova § 1a pålagt å arbeide for likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Dette inneber blant anna å vurdere kjønns- og likestillingsperspektivet på departementets fagbudsjettområde der det er relevant og føremålstenleg.
Naturmangfald og friluftsliv
Det er kommunar og organisasjonar som foreslår medlemmene til dei fleste råd og utval på naturforvaltningsområdet. For å få velfungerande råd og utval med høg grad av legitimitet lokalt og regionalt er det viktig at forslag til medlemmer framleis kjem frå brukarar og interessentar for det arbeidet rådet/utvalet skal gjennomføre, men kommunar og organisasjonar blir bedne om alltid å foreslå ei kvinne og ein mann.
Det blir lagt inn krav i tildelingsbrevet til Miljødirektoratet og til Fylkesmannen om å sikre at likestillingslova blir følgt ved oppnemning til og nyoppnemning av statlege råd og utval som direktoratet eller Fylkesmannen har ansvar for.
I følgje TNS Gallups Natur- og miljøbarometer (siste tal frå 2004) betyr kjønn lite for nordmenn si interesse for natur, miljø og friluftsliv. Dette avspeglar seg i arbeidet for å bevare norsk natur for kommande generasjonar og leggje til rette for natur- og friluftslivsopplevingar. Både menn og kvinner har i store trekk dei same høva til friluftsliv, og likestillingsperspektivet er her godt ivareteke. Ein ser òg at det er god fordeling mellom kvinner og menn som arbeider med desse spørsmåla i offentleg forvaltning.
Å delta i jakt og fiske har tradisjonelt vore eit område med stor dominans av menn. Menn dominerer framleis, men delen av kvinner som deltek i slike aktivitetar aukar. I løpet av dei siste åra har talet på kvinnelege medlemmer i Noregs jeger- og fiskarforbund auka, og det er etablert eigne kvinnenettverk der jakt og fiske er tema.
Dei fleste budsjettpostane som Miljødirektoratet disponerer innanfor sitt verkeområde er ikkje kjønnsrelevante. Nokre av postane kan likevel nyttast til å fremje likestilling mellom kjønna. Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av desse.
Kap. 1425 post 70 Tilskot til fiskeformål og post 71 Tilskot til viltformål
Grunnlaget for desse to postane er inntekter frå fiskaravgifta og jegeravgifta. Tilskot blir tildelt lag og organisasjonar, og kan ytast til tiltak som fremjar auka deltaking av kvinner i jakt og fiske. Midlar frå dei to postane er bl.a. nytta til kurs og opplegg mynta spesielt på kvinner og ikkje minst familiar. Det er innført ei eiga fiskaravgift for familiar som er grunngitt med at fiske er ein fin familieaktivitet.
Kap. 1420 post 30 Statlege tileigningar, bandlegging av friluftsområde og post 78 Friluftslivsformål
Desse postane har indirekte familiefokus ved at midlane dei siste åra har vore retta mot å leggje ut friluftsområde og støtte friluftstiltak i by- og tettstadsnære område, det vil ofte seie i nærleiken av bustader, skular og barnehagar. Ei viktig brukargruppe av desse områda vil vere kvinner og barn. Mange friluftsråd driv aktiv rekruttering av nye befolkningsgrupper gjennom å arrangere turar, kurs o.l.
Internasjonalt klimaarbeid
Noreg arbeider aktivt for å sikre at vedtak under Klimakonvensjonen fremjar likestilling og ikkjediskriminering. Noreg fremjar i forhandlingane aktivt posisjonar som skal styrkje kvinnes og urfolk si involvering og deltaking i klimaarbeidet, særleg knytt til klimatilpassing og skog.
I oppbygging av den internasjonale institusjonelle arkitekturen for klimaarbeid, arbeider Noreg for balansert representasjon av kvinner og menn.
Noregs store satsing på å redusere utslepp frå tropisk skog, klima- og skogsatsinga, arbeider òg målretta med å auke likestillingsfokuset. Særleg viktig i klima- og skogsatsinga er det å ha ei forståing av korleis likestilling kan inkorporerast i nasjonale utviklingsplanar, for slik å få ein effekt under implementering av tiltak. I samarbeid med partnarland, slik som Indonesia, er likestilling søkt inkludert både i avtaleverk og i utvikling og implementering av tiltak. Departementet har drive kompetanseheving og utviklingsarbeid innan likestilling og REDD+, bl.a. i samarbeid med Norad og partnarorganisasjonar som FN.
Kulturminne og kulturmiljø
Riksantikvaren legg vekt på mangfald og likestilling i forvaltninga si og fokuserer på å vere representativ når det gjeld å velje ut kva for kulturminne som blir verna. Intensjonen er å femne livet og historia til både kvinner, menn og minoritetar. Dei fleste kulturminna er kjønnsnøytrale og likestillingsaspektet er derfor knytt til kjønnsfunksjonar og roller i heimen og i samfunnet. På nokre område kan det arbeidet som Riksantikvaren gjer, medverke til at det blir sett større fokus på mangfaldet i befolkninga. Som eksempel kan ein nemne verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet. I verdiskapingsprogrammet har Riksantikvaren arbeidd for at aktørar av begge kjønn er involverte i gjennomføringa av tiltak og deltek i nettverket til programmet. Arbeidet med dei sektorvise landsverneplanane medverkar vesentleg til å redusere tapet av verdifulle kulturminne og til å bevare breidda av dei. Dette inneber òg at omsynet til likestilling blir betre teke vare på, for eksempel gjennom bevaring av anlegg med tilknyting til kvinner sin innsats og profesjonalisering innanfor helse- og omsorgssektoren.
Freda bygningar og anlegg har hatt ulike funksjonar og speglar dermed bl.a. kjønnsrollene i familie og samfunn gjennom tidene. Våningshus, stabbur, seteranlegg og tekstilfabrikkar medverkar til å synleggjere typiske rammer for kvinners arbeid. Dette gjeld i stor grad òg bustader generelt.
9.6 Oppfølging av oppmodingsvedtak
Utfasing av fossil fyringsolje som grunnlast i statlege bygg – vedtak nr. 43, 1. desember 2014
1. desember 2014, ved behandlinga av tilleggsinnstilling frå finanskomiteen (Innst. 2 S Tillegg 1 (2014 – 2015)), jf. Meld. St. 1 (2014 – 2015), Prop. 1 S (2014 – 2015) og Prop. 1 S Tillegg 1 – 3 (2014 – 2015), fatta Stortinget vedtak nr. 43: «Stortinget ber regjeringen lage en helhetlig plan for utfasing av fossil grunnlast i alle statlige bygg.»
Det følgjer av klimaforliket, jf. Innst. 390 S (2011 – 2012), at fossil fyringsolje som grunnlast skal fasast ut av alle statlege bygg innan 2018. Det er lagt til grunn at dette skal forståast som at utfasinga skal gjennomførast innan utgangen av 2018. Med statlege bygg blir det i denne samanhengen forstått bygg som departementa eller underliggjande etatar/verksemder eig. Bygg som er eigde av statlege aksjeselskap blir i denne samanhengen ikkje rekna som statlege bygg. Fossil grunnlast er i denne samanhengen avgrensa til fossil olje brukt til grunnlast. Grunnlast er den varmekjelda som dekkjer hovuddelen av bygningane sitt varmebehov over året. Ofte dekkjer grunnlasta ca. 50 pst. av effektbehovet på dei kaldaste dagane og 85 pst. av varmebehovet over året. Anlegg der fossil olje berre blir brukt til spisslast, dvs. for å dekkje det varmebehovet grunnlasta ikkje dekkjer, inngår ikkje i oversikta under.
Det enkelte departementet har ansvar for å planleggje og gjennomføre utfasing i bygg som departementet eller underliggjande etatar/verksemder eig. Departementa har rapportert kor mange anlegg med fossil olje som grunnlast det enkelte departement eig og kor mykje olje som vart brukt i desse anlegga i 2014, og dertil kor mange anlegg som er planlagde utfasa og kor mykje dette vil redusere bruken av olje. Under følgjer ei samanstilling av status ved utgangen av 2014 og planlagd utfasing frå og med 2015 til og med 2018, basert på rapportering frå departementa. Regjeringa tek sikte på å komme tilbake årleg med ei oppdatert oversikt over status og planar fram til utfasinga er fullført.
Status per 31.12.2014
Åtte departement eig sjølv, eller har underliggjande etatar/verksemder som eig bygg som har fossil fyringsolje som grunnlast. Totalt er det rapportert om 265 fyringsanlegg med fossil olje som grunnlast ved utgangen av 2014.
Utsleppa frå dei aktuelle anlegga er berekna til om lag 17 300 tonn CO2 i 2014. Utsleppa er berekna av Klima- og miljødepartementet på grunnlag av opplysningar om oljeforbruk eller energiproduksjon frå olje rapporterte frå dei aktuelle departementa1. Fleire departement opplyser at det er noko usikkerheit i dei rapporterte tala. Metodikk og føresetnader som ligg til grunn for rapporteringane varierer òg mellom departementa. Tala som blir presenterte her, må derfor sjåast på som omtrentlege.
Tabellen under viser talet på fyringsanlegg med fossil olje som grunnlast og utsleppa frå desse anlegga, fordelt på dei ulike departementa.
Tabell 9.4 Fyring med fossil olje som grunnlast i statlege bygg, status per 31.12.2014:
Departement | Tal anlegg med fossil olje som grunnlast per 31.12.14 | Utslepp i 2014 (tonn CO2) |
---|---|---|
Forsvarsdepartementet | 117 | 10 213 |
Helse- og omsorgsdepartementet | 41 | 2 832 |
Justisdepartementet | 2 | 37 |
Kommunal- og moderniseringsdepartementet | 22 | 2 227 |
Kulturdepartementet | 45 | 674 |
Kunnskapsdepartementet | 7 | 287 |
Landbruks- og matdepartementet | 3 | 136 |
Samferdselsdepartementet | 28 | 909 |
Sum | 265 | 17 315 |
Planar for utfasing
I 2015 er det fasa ut, eller planlagt fasa ut, 51 anlegg med fossil grunnlast. For 2016, 2017 og 2018 er det planlagt fasa ut 37, 58 og 70 anlegg. Det er totalt rapportert om planar for utfasing av 216 av de 265 anlegga som brukte fossil olje som grunnlast per 31.12.2014. Forsvarsdepartementet har 47 anlegg og Justisdepartementet har 2 anlegg der det foreløpig ikkje er lagt planar om utfasing innan utgangen av 2018. Det vil måtte arbeidast vidare med planar for desse anlegga. Under Forsvarsdepartementet går det føre ei kartlegging av alle anlegg, både for grunnlast og spisslast, som vil gi betre kunnskap om tekniske detaljar, kostnader og framdriftsmoglegheiter. I tråd med Meld. St 2 (2013 – 2014) er fossil olje som grunnlast planlagt fasa ut av Statsbygg sine eigedommar innan utgangen av 2016.
Anlegga som blir fasa ut i 2015 er venta å gi ein årleg utsleppsreduksjon på om lag 3 400 tonn CO2. Anlegga som er planlagde fasa ut i 2016, 2017 og 2018 er venta å redusere dei årlege utsleppa med 3 900, 4 000 og 4 200 tonn CO2. Når utfasinga er gjennomført i alle anlegga som det per i dag er lagt planar for, vil samla årleg utsleppsreduksjon vere om lag 15 400 tonn CO2. Det er ikkje teke omsyn til ev. utslepp frå dei energiberarane som erstattar fyringsoljen (f.eks. ved omlegging til gass eller fjernvarme).
Tabellen under viser talet på anlegg som er planlagt fasa ut i åra 2015–2018 og venta utsleppsreduksjonar som følgje av utfasinga, fordelt på dei ulike departementa. Venta utsleppsreduksjon er oppgitt som årleg reduksjon etter at utfasinga av dei aktuelle anlegga er gjennomført, dvs. at anlegg som blir fasa ut i 2015 vil gi ein utsleppsreduksjon som oppgitt i tabellen årleg frå og med 2016 mens utsleppsreduksjonen i 2015 vil vere mindre, avhengig av når anlegga blir fasa ut i løpet av året.
Tabell 9.5 Planlagt utfasing av fossil olje som grunnlast 2015 – 2018:
2015 | 2016 | 2017 | 2018 | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Departement | Tal anlegg som er planlagt fasa ut | Årleg utsleppsreduksjon (tonn CO2) | Tal anlegg som er planlagde fasa ut | Årleg utsleppsreduksjon (tonn CO2) | Tal anlegg som er planlagt fasa ut | Årleg utsleppsreduksjon (tonn CO2) | Tal anlegg som er planlagt fasa ut | Årleg utsleppsreduksjon (tonn CO2) |
Forsvarsdepartementet | 1 | 340 | 4 | 1 737 | 18 | 2 958 | 47 | 3 650 |
Helse- og omsorgsdepartementet | 20 | 1 059 | 7 | 1 477 | 9 | 129 | 5 | 168 |
Justisdepartementet | - | - | - | - | - | - | - | - |
Kommunal- og moderniseringsdepartementet1 | 16 | 1 657 | 6 | 224 | - | - | - | - |
Kulturdepartementet | 9 | 135 | 12 | 180 | 12 | 180 | 12 | 180 |
Kunnskapsdepartementet | 4 | 149 | 3 | 138 | - | - | - | - |
Landbruks- og matdepartementet | 1 | 15 | 1 | 40 | - | - | 1 | 81 |
Samferdselsdepartementet | - | - | 4 | 57 | 19 | 757 | 5 | 95 |
Sum | 51 | 3 355 | 37 | 3 852 | 58 | 4 024 | 70 | 4 174 |
1 I 2014 fasa Statsbygg ut 4 anlegg som frå og med 2015 gir ein årleg utsleppsreduksjon på om lag 345 tonn CO2. Utsleppsreduksjonane frå anlegga som blir fasa ut i 2014 – 2016 tilsvarar til dei totale utsleppa i 2014.
Bruk av blyhagl – vedtak nr. 379, 3. februar 2015
I samband med behandling av Dokument 8:55 S (2013 – 2014) fatta Stortinget vedtak nr. 379: «Stortinget ber regjeringen legge til rette for å tillate bruk av blyhagl til jakt utenfor våtmarksområder og skytebaner.»
For å følgje opp oppmodingsvedtaket har Klima- og miljødepartementet frå 16. juli tillate bruk av blyhagl til jakt på arter som kan jaktast på, og som ikkje hovudsakleg oppheld seg i våtmark. Endringa er gjort i forskrift om jakt, felling og fangst av 22. mars 2002. Forskrifta tillèt også jakt på gjess som oppheld seg på innmark. I produktforskrifta av 1. juni 2004 er forbodet mot å produsere, importere, eksportere, omsette og bruke blyhagl oppheva. For skytebaner er forbodet mot bruk av blyhagl vidareført, i samsvar med Stortinget sitt vedtak.
Fotnotar
Utslepp frå anlegg eigde av Forsvarsdepartementet og Justisdepartementet er berekna på grunnlag av mengda olje forbrukt. Utslepp frå anlegg eigde av andre departement er berekna ut frå mengda nyttiggjort energi (varme produsert frå olje). Der tal for nyttiggjort energi er nytta, er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg verknadsgrad for anlegga på 70 pst. Det er vesentleg uvisse om faktiske verknadsgrader. Det er nytta ein utsleppsfaktor på 265 g/ kWh fyringsolje.