Del 1
Innleiande del
1 Oversikt over budsjettframlegget på programområde 15 Landbruk og mat
1.1 Status og hovudprioriteringar
Landbruks- og matsektoren si viktigaste oppgåve er å sikre innbyggjarane trygge matvarer av god kvalitet og å bidra til ei optimal utnytting av dei jordbaserte naturressursane. Sektoren sysselsette i 2015 om lag 95 000 personar og er viktig for arbeidsplassar og næringsliv over heile landet. Samstundes er det ei næring i utvikling, og dei løysingane som svarte på tidlegare tiders krav og utfordringar er ikkje alltid dei beste i dag. Regjeringa har difor sidan ho tok over i 2013 gjort fleire grep for å styrkje og målrette politikken på området. Dette arbeidet vil halde fram.
Viktige delar av dei jordbrukspolitiske verkemidla blir utforma i dei årlege jordbruksforhandlingane. Regjeringa har difor lagt stor vekt på forenkling og målretting av verkemidla slik at dei samla bidreg til auka matproduksjon og verdiskaping. Den norske maten er av den tryggaste i verda. Dette er ein verdi som regjeringa har lagt stor vekt på å vidareføre, mellom anna stilt overfor dei trugsmåla dyresjukdommar, zoonosar og antibiotikaresistente bakteriar utgjer. Innanfor skogbruket har regjeringa lagt opp til eit temposkifte i moderniseringa av infrastrukturen gjennom ein betydeleg auke i tilskotta til nybygging og ombygging av skogsvegar og tømmerkaier. Regjeringa har også lagt vekt på å modernisere landbruks- og matforvaltninga, både gjennom strukturgrep for å gjere verksemdene meir målretta og gjennom ei kontinuerleg merksemd retta mot effektivisering.
I 2017 legg Landbruks- og matdepartementet opp til å auke tempoet i moderniseringa av infrastrukturen i skogbruket ytterlegare, med ein auke i tilskotta på vel 29 mill. kroner. Departementet legg også opp til å styrkje Mattilsynet sitt budsjett med 5 mill. kroner til kartlegging av sjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD), som er påvist hos nokre få villrein og elgar i Noreg, og å styrkje arbeidet mot antibiotikaresistens ved å auke løyvinga til Mattilsynet og Veterinærinstituttet til dette formålet med i alt 10 mill. kroner.
I tillegg til regjeringa si avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform legg departementet også opp til ytterlegare effektivisering gjennom budsjettmessige og styringsmessige verkemiddel. Sidan 2013 har dei reelle løyvingane til driftsutgifter til Mattilsynet, Landbruksdirektoratet og departementet blitt reduserte med om lag 65 mill. kroner. Også for 2017 er det lagt opp til realreduksjonar på om lag 13,4 mill. kroner.
Potensialet for auka verdiskaping i bioøkonomien er stort. Bioøkonomien gjer at vi kan utnytte biologiske ressursar til alt frå mat og fôr til helseprodukt og kjemikaliar på ein berekraftig, effektiv og lønsam måte. For å følgje opp regjeringa sin bioøkonomistrategi blir det lagt fram ei samla satsing på 50 mill. kroner til bioøkonomi, innanfor områda til Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Innanfor den samla satsinga vil Landbruks- og matdepartementet styrkje forskingsaktiviteten på bioøkonomiområdet med 20 mill. kroner. Satsinga skal bidra til auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av etablerte næringar, sektorar og fagområde.
Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon. Den norske matproduksjonen har særskilde utfordringar med ein kort vekstsesong, spreidde landbruksareal, eit kaldt klima og eit høgt kostnadsnivå. Landbruks- og matpolitikken må difor rettast inn mot eit meir effektivt landbruk, mot å styrkje konkurransekrafta for norske jordbruksprodukt og mot å motivere til innovasjon og nyskaping i heile sektoren. I jordbruksoppgjera har regjeringa vore oppteken av at produksjonen i større grad skal styre kor mykje kvar enkelt får i støtte. Landbruks- og matdepartementet arbeider med ei ny melding til Stortinget om jordbruksnæringa, som etter planen blir lagt fram hausten 2016, og dette arbeidet vil bli følgt nærare opp der.
Store delar av næringsmiddelindustrien foredlar norskproduserte råvarer, men er i aukande grad eksponert for internasjonal konkurranse. Heimemarknadsdelen for norsk næringsmiddelindustri utanom fiskeribransjen er i dag på om lag 80 pst. målt i verdi, mot 88,2 pst. i 2003. Rekruttering av kompetente næringsutøvarar til landbruket er viktig. Det er naudsynt å styrkje kompetansen i heile verdikjeda, og bidra til å gjere næringa til ein meir attraktiv arbeidsplass for å kunne stimulere fleire unge til å velje landbruk og matproduksjon som yrke. I jordbruksoppgjeret blei det difor mellom anna avsett 575 mill. kroner til investering og utvikling og 26 mill. kroner til særskilte kompetansehevande tiltak i næringa. Ei partssamansett arbeidsgruppe som såg på rekrutteringsspørsmål i landbruket, leverte rapporten sin våren 2016. Rapporten dannar eit grunnlag for avtalepartane sitt vidare arbeid for rekruttering.
Regjeringa vil byggje ned hindringane for dei som vil auke matproduksjonen. Jordbruksavtalen og andre landbrukspolitiske verkemiddel må også leggje til rette for dei som vil auke produksjonen. Konsesjons- og kvotegrenser og andre reglar må ikkje leggje urimelege hindringar for bøndene som sjølvstendig næringsdrivande. Forenklingar er viktig både for den sjølvstendige næringsdrivande og for forvaltninga. I jordbruksoppgjera i 2014 og 2015 blei det semje om totalt 40 større og mindre forenklingstiltak. I januar 2016 la eit utval, sett ned med grunnlag i Innst. 285 S (2013–2014), fram ein rapport om ytterlegare forenklingar innanfor avtaleverket. Departementet vil følgje opp det vidare arbeidet med forenklingar i meldinga til Stortinget som blir lagt fram hausten 2016.
Regjeringa vil bruke matpolitikken til å sikre trygg mat. Forvaltninga arbeider kontinuerleg for å vere budd på hendingar som kan utgjere eit trugsmål mot trygg mat og mot matsikkerheita. God dyrehelse og god dyrevelferd er viktig for produksjon av trygg mat og for omdømmet til norsk matproduksjon. Regjeringa har vedteke ein nasjonal strategi mot antibiotikaresistens for 2015–2020. Dei overordna måla i strategien er mindre bruk av antibiotikum, auka kunnskap om kva som driv utvikling og spreiing av resistens og at Noreg skal vere ein pådrivar internasjonalt for utvikling av nye antibiotikum og vaksinar. Sjølv om vi brukar mindre antibiotikum til dyr i Noreg enn dei fleste andre land, er det mellom anna eit mål å redusere bruken av antibiotikum til produksjonsdyr med minst ti pst. og bruken av antibiotikum til kjæledyr med minst 30 pst. samanlikna med bruken i 2013.
I mars 2016 blei det lagt fram ein eigen handlingsplan for landbruks- og matsektoren. Eit viktig tiltak er å halde fram arbeidet for å unngå at svinehaldet blir eit reservoar for resistente bakteriar. Departementet vil også greie ut forskriftskrav om testing av røktarar og andre som har kontakt med svin, styrkje tilsynet med veterinærane sin bruk av antibiotikum til produksjons- og kjæledyr og reservere enkelte kritiske antibiotikum til menneske. I tillegg til ressursinnsatsen i Mattilsynet og Veterinærinstituttet er det innanfor departementet sitt ansvarsområde innvilga om lag 50 mill. kroner til forsking knytt til antibiotikaresistens sidan hausten 2013. Sidan 2014 er det utbetalt om lag 90 mill. kroner i erstatning og kompensasjon for tiltak mot den antibiotikaresistente bakterien MRSA i svineproduksjonen.
Regjeringa vil styrkje bondens rett til fritt å disponere over sin eigen eigedom. For å styrkje den private eigedomsretten og å forenkle eigedomslovgivinga i landbruket har regjeringa gjort framlegg for Stortinget om oppheving av regelen i konsesjonslova om priskontroll ved overtaking av landbrukseigedommar, jf. Prop. 124 L (2013–2014) Endringer i konsesjonsloven og tvangsfullbyrdelsesloven. Stortinget vedtok i samband med handsaminga av lovframlegget ei rekkje oppmodingsvedtak, jf. Innst. 153 L (2015–2016). Som oppfølging av desse, har departementet bestemt at det ikkje skal vere priskontroll ved overtaking av landbrukseigedommar med bustadhus når kjøpesummen er under 3,5 mill. kroner. Vidare har dei framlegga til endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova som Stortinget har bedt regjeringa komme tilbake til Stortinget med, vore på høyring. I tillegg har framlegg om endringar i jordlovas drivepliktsføresegn og delingsføresegn vore på høyring. Regjeringa tek sikte på å gjere framlegg om endringar i desse lovene våren 2017.
Regjeringa vil leggje til rette for betre utnytting av skogressursane. Skogbruk gir sysselsetjing og verdiskaping. Skog og tre lagrar karbon, samstundes som trevirke kan vere eit klima- og miljøvennleg alternativ til energi og produkt som i dag blir produserte av fossilt råstoff.
Noreg har den lågaste skogsvegdekninga i Skandinavia. Utbygginga av nye skogsvegar har vore låg i ei årrekkje, og auka aktivitet har vore ein prioritet under den noverande regjeringa. Vidareutvikling av skogsvegnettet, både bygging av nye vegar og ombygging av gamle vegar, er naudsynt for lønsam skogsdrift og eit aktivt skogbruk der større delar av det produktive skogarealet kan takast i bruk. Ein stor del av dei eksisterande skogsvegane er gamle. For mange av desse vegane er det eit stort behov for ombygging. Slik ombygging er viktig for å halde dei krava som tømmertransporten og transportutstyret set i dag. Desse investeringane bidreg også til å gjere skogsvegane meir robuste mot klimaendringar og redusere risikoen for naturskade. Regjeringa har auka dei ordinære løyvingane til skogsvegar med 80 pst. samanlikna med Regjeringa Stoltenberg.
Skognæringa i Noreg er del av ein global marknad for tømmer og treprodukt. Kaiterminalar til tømmertransport langs kysten er med på å sikre næringa effektiv og lønsam transport av tømmer til kjøparar både i Noreg og i utlandet. Tømmerkaier er viktige for mange kystfylke med store skogressursar som veks fram, men som har lita avsetning til lokal eller regional foredlingsindustri. Utskiping av tømmer, særleg massevirke, har også blitt svært viktig for skogbruket på Sør- og Austlandet, etter nedlegging av fleire store treforedlingsbedrifter i regionen i perioden 2006 til 2013. Regjeringa har dobla satsinga på tømmerkaier frå 2015 til 2016. Departementet legg opp til å halde fram med prioritering av denne satsinga i 2017.
Prioriteringa av skogsvegar og tømmerkaier inneber at departementet føreslår å ikkje føre vidare ei eiga løyving til tresatsingstiltak. Det er naturleg at næringa – etter 15 år med offentleg innsats gjennom Trebasert Innovasjonsprogram og tidlegare ordningar – no sjølv tek hand om utvikling av verdikjeda og nye produkt som kan styrkje lønsemda og konkurranseevna i næringa. Departementet legg til grunn at det framleis vil vere rom for å gi støtte til innovative prosjekt som fremjar bruken av tre gjennom andre program i Innovasjon Noreg, og viser elles til at regjeringa tek sikte på å leggje fram ei melding til Stortinget om skog- og trenæringa hausten 2016. Meldinga skal ha eit verdikjedeperspektiv og peike på moglegheitene for å byggje opp under det grøne skiftet i norsk økonomi. Innspela frå SKOG22-strategien for skog- og trenæringa blir vurderte i arbeidet. Meldinga skal koordinerast med regjeringa sin bioøkonomistrategi.
Regjeringa vil satse på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein meir framtidsretta landbruksproduksjon. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål blei handsama av Stortinget våren 2016. Meldinga synleggjer korleis potensialet for auka verdiskaping innan dei landbruksbaserte næringane utanom tradisjonelt jord- og skogbruk kan utløysast. Politikken skal leggje til rette for vekst og utvikling uavhengig av storleiken på gardsbruket og bidra til at landbruksgründerar skal kunne utnytte det totale ressursgrunnlaget i inn- og utmark på landbrukseigedommen utan unødige hinder. Meldinga varslar at regjeringa vil sjå på ei rekkje forenklingar generelt og forenklingar i regelverk spesielt for å stimulere til vekst og utvikling. Etablering av Lokalmatdatabasen, revidering av rettleiar til plan- og bygningslova og justering av fleire forskrifter som påverkar moglegheitene for auka næringsaktivitet, er nokre av tiltaka som er varsla i meldinga. Utviklinga på lokalmatområdet er særskilt positiv. Omsetnaden av lokalmat i daglegvarehandelen auka med 10,3 pst. frå 2014 til 2015. Ein samla Næringskomité peika på at det er eit betydeleg unytta potensial i tilleggsnæringar relatert til mat og drikke, og at ambisjonen som er tydeleggjort i meldinga om at omsetnaden av lokalmat og drikke skal aukast frå 3,5 til 10 mrd. kroner innan 2025, er realistisk.
Klimatiltak i landbruket skal ha høg prioritet. Regjeringa vil halde fram med å følgje opp klimaforlika i Stortinget. Arbeidet med å skaffe fram auka kunnskap om korleis jordbruket kan redusere klimagassutsleppa sine, betre kunnskapen om potensialet for lagring av karbon i jord og korleis landbruket må tilpasse seg eit klima i endring vil ha høg prioritet. Det blei semje med Noregs Bondelag i Jordbruksoppgjeret 2016 om at det skal setjast ned eit utval som skal sjå nærare på korleis jordbruket sin samla utsleppsrekneskap kan vidareutviklast og synleggjerast betre. Regjeringa vil også halde fram med klimatiltaka i skogsektoren, som tettare planting etter hogst, gjødsling av skog og styrking av skogplanteforedlinga. Alle desse tiltaka vil bidra til auka volumproduksjon og dermed auka CO2-opptak, samstundes som dei gir grunnlag for auka verdiskaping i skognæringa.
Regjeringa vil leggje til rette for eit kunnskapsbasert og innovativt landbruk. Forsking, innovasjon og kompetanse er naudsynt for å nå målet om auka berekraftig produksjon av nok og trygg mat og som grunnlag for næringsutvikling og auka verdiskaping i dei mange verdikjedene i sektoren. Ny kunnskap og tett kopling mellom forsking og næringsliv skal bidra til eit meir lønsamt og klimavennleg landbruk. Regjeringa legg vekt på forsking, innovasjon og teknologiutvikling som grunnlag for effektiv og berekraftig produksjon og utnytting av fornybare biologiske ressursar.
Norsk landbruks- og matsektor treng effektive kompetanse- og forskingsmiljø for å ivareta store samfunnsbehov og for å utvikle konkurransedyktige produkt og tenester. I 2015 blei difor Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) oppretta. Instituttet er Noregs største tverrfaglege forskingsinstitutt innanfor landbruk og miljø. Namnet understrekar regjeringa sine store ambisjonar for verksemda og den sentrale rolla i å vidareutvikle bioøkonomien. Instituttet skal bidra til matsikkerheit, berekraftig ressursforvaltning, innovasjon og verdiskaping i verdikjeda for mat, skog og andre biobaserte næringar. Viktige oppgåver er å levere forsking, forvaltningsstøtte, og kunnskap til bruk i nasjonal beredskap, forvaltning, næringsliv og samfunnet elles. Instituttet har eit omfattande regionalt nærvær.
Landbruk er ei kompetansekrevjande næring. Forventingar om auka produksjon, betre lønsemd og evne til gründerskap krev rett kompetanse. Eit godt tilbod av landbruksfagleg utdanning og etter- og vidareutdanning av god kvalitet er difor svært viktig. Det trengst fleire kandidatar med kompetanse som landbrukssektoren etterspør frå alle utdanningsnivå, både frå yrkesfagleg opplæring, fagskolar og høgskole/universitet. For å styrkje kompetansehevande tiltak i landbruket som sikrar fagleg kvalitet og fleksibel tilrettelegging, er det vedteke å greie ut ein nasjonal modell for eit agronomutdanningstilbod for vaksne. Arbeidet vil bli gjennomført i samarbeid med næringa og utdanningsstyresmaktene.
Auka produktivitet og effektivitet i landbruks- og matforvaltninga står sentralt når Landbruks- og matdepartementet no arbeider med meldingar til Stortinget på politikkområda jordbruk, skogbruk og reindrift. Fleire omorganiseringar i underliggjande verksemder skal gi gevinstar som no er i ferd med å bli realiserte, samstundes som det kontinuerleg blir jobba med effektiviseringsarbeid internt i verksemdene. Talet på årsverk i landbruks- og matforvaltninga er redusert sidan 2010, og arbeidet med å identifisere ytterlegare potensial for å effektivisere forvaltninga vil halde fram. Sjå elles omtale under Del IV Særskilte tema.
Den nye lova om erstatning for naturskadar (naturskadeerstatningslova) tek til å gjelde 1.1.2017. Lova inneber ei forenkling både av regelverket og sakshandsaminga. For å sikre ei rask og effektiv handsaming av naturskadeerstatningssakene er det utvikla eit nytt elektronisk søknads- og sakshandsamingsssystem som skal takast i bruk frå same tidspunkt.
Alle statlege verksemder skal i 2016 ta i bruk digital post til innbyggjarane. Overgangen frå papirbasert til digital post vil gi innsparingar for staten, mellom anna i form av reduserte portoutgifter. For Landbruks- og matdepartementet sitt område inneber dette reduserte utgifter på om lag 2,7 mill. kroner som er trekte ut av ramma for dei aktuelle verksemdene.
1.2 Målstrukturen for Landbruks- og matdepartementet
Nedanfor følgjer ei kort oversikt over den gjeldande målstrukturen. I del III er det gjort greie for utviklinga på dei enkelte måla og delmåla.
Matsikkerheit
Produsere og sikre tilgang til maten forbrukarane etterspør
Hovudoppgåva til jordbruket er å produsere mat forbrukarane etterspør. Verkemidla til styresmaktene skal innrettast slik at dei bidreg til auka produksjon.
Sjølvforsyningsgraden viser kor stor del av matvareforbruket på engrosnivå, rekna på energibasis, som kjem frå norsk produksjon av jordbruksprodukt. I 2015 var sjølvforsyningsgraden på 50 pst. målt i energi, ein auke frå 47 pst. i 2014. Eit anna mål er heimemarknadsdelen, det vil seie produksjon for heimemarknaden som del av totalmarknaden målt i kroner (verdi). I dag ligg heimemarknadsdelen for matindustrien på om lag 80 pst. For sentrale produkt som ost, kjøtt og mjølk, er heimemarknadsdelen høvesvis 86, 91 og 100 pst.
Sikre forbrukarane trygg mat
All mat som blir seld i Noreg skal vere trygg. Produksjon av trygg mat skapar tillit og sikrar avsetning av varer og legitimitet for eit levande landbruk og næringsmiddelindustrien. Godt utval av sunn og helsefremjande mat er viktig for forbrukarane. Noreg har få førekomstar av matboren sjukdom samanlikna med andre land, og regjeringa vil bidra til å halde denne gode situasjonen ved lag. Ansvaret for å kjenne til regelverket og finne løysingar som gjer at regelverket blir etterlevd, kviler på den enkelte verksemda. Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket blir følgt. Regjeringa vil vidareføre arbeidet med effektivisering i Mattilsynet gjennom mellom anna gode IKT-system.
God dyre- og plantehelse og god dyrevelferd
God plante- og dyrehelse er viktig for mattryggleik, kostnadseffektivitet og ein langsiktig og berekraftig matproduksjon. Ein stor del av det globale potensialet for matproduksjon blir ikkje utnytta i dag på grunn av skadegjerarar i planteproduksjonen og dyresjukdommar. Klimaendringar og auka ferdsel over landegrenser er risikofaktorar for både plante- og dyrehelsa. Dyrehelsa er god i Noreg. Det vil bli lagt vekt på å vidareføre godt førebyggjande arbeid og god samhandling mellom styresmaktene og næringa for å halde den gode dyrehelsa ved lag. Dyrevelferda er også jamt over god i Noreg samanlikna med andre land. Mattilsynet har prioritert tilsyn med dyrevelferd, men det er framleis utfordringar på enkelte område. Sjølv om regelverket stiller klare krav, er det avgjerande at Mattilsynet er i stand til å følgje opp dette gjennom målretta og godt tilsyn. For å styrkje oppfølginga av kriminalitet mot dyr, er det etablert eit prøveprosjekt med dyrekrimgrupper i to politidistrikt.
Landbruk over heile landet
Balansert geografisk utvikling i landbruket
Vilkåra for jordbruksdrift varierer mellom ulike delar av landet, og jordbruket bidreg også til andre viktige samfunnsgode enn mat, mellom anna ivaretaking av kulturlandskap, reiseliv og spreidd busetjing. Regjeringa vil leggje til rette for landbruk over heile landet. Dette krev ei geografisk differensiering av verkemidla. Over jordbruksavtalen er det ei rekkje verkemiddel som legg til rette for ei balansert geografiske utvikling i landbruket. Det skal også leggjast til rette for alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein meir solid og framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet, jf. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål, og Stortinget si handsaming av denne.
Sterkt og effektivt landbruk
Investeringsbehovet i landbruket er stort. Skal ein nå sentrale landbrukspolitiske mål som til dømes landbruk over heile landet og auka verdiskaping, er det naudsynt med gode investeringsordningar som kan stimulere til vidare utvikling og effektivisering av den landbruksbaserte produksjonen. Bedriftsretta midlar til investering og utvikling over Landbrukets utviklingsfond (LUF) er dei mest sentrale verkemidla på dette området. Regjeringa prioriterer dette høgt, og avsetninga til ordninga blei auka med 26,5 mill. kroner i årets jordbruksoppgjer.
Ei økologisk og økonomisk berekraftig reindrift
Reindrifta er ei urfolksnæring som er unik i både nasjonal og internasjonal samanheng, og ho er ein viktig eksponent for samisk kultur og levesett. Reindrifta er også ein forvaltar av ein sentral nasjonal og samisk kulturarv. Det er ei politisk målsetjing å vidareføre og styrkje arbeidet med å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell og marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. I tråd med regjeringa si politiske plattform skal tiltak som legg til rette for ei økologisk berekraftig reindrift prioriterast. Sjølv om innrapporterte tal viser at ein no har tilnærma eit reintal i samsvar med fastsett tal i bruksreglane, er det likevel naudsynt å fortsetje arbeidet slik at reintalet held seg på eit berekraftig nivå. Kontroll av reintalet og tiltak som sikrar eit stabilt reintal, har difor høgaste prioritet i 2017.
Auka verdiskaping
Konkurransedyktig råvareproduksjon og næringsmiddelindustri
Landbrukspolitikken skal leggje til rette for ein kostnadseffektiv matproduksjon. Regjeringa vil styrkje landbruket gjennom forenkling av lover, reglar og støtteordningar, og sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at næringa si samla lønsemd kan bli betre i åra som kjem. Det er avgjerande at utøvarane i landbruket skal kunne ha ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper.
Det er ei gjensidig binding mellom norsk næringsmiddelindustri og norsk landbruk. Det er viktig å halde ved lag norsk matproduksjon som kan sikre tilgang på norske råvarer til næringsmiddelindustrien over heile landet, for å sikre at norske forbrukarar får den maten dei ønskjer.
Lønsam utnytting av gardens samla ressursar
Potensialet for auka verdiskaping basert på landbruksressursane er stort. Landbruket er ei innovasjonsdriven næring som har sett verdien av å ta i bruk ny teknologi og nye produksjonsmåtar for å auke produktiviteten og effektivisere drifta. Landbruks- og matpolitikken skal bidra til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. Innanfor basislandbruket er det særskilt behov for verkemiddel som kan stimulere til modernisering av driftsapparatet, skape rasjonelle driftseiningar og effektivisere produksjonen. Innanfor andre landbruksbaserte næringar er det behov for verkemiddel som kan stimulere til meir entreprenørskap, auka lønsemd og sysselsetjing.
Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder
Skogbruk og trebasert industri er viktig både som næring og som bidrag til å løyse klimautfordringane. Skog- og trenæringa har potensial til å gi enda større positive nærings-, miljø- og klimabidrag enn i dag. Tre er viktig som råstoff til energi og som bygningsmateriale. Noreg er langt framme når det gjeld innovativ bruk av tre, mellom anna i bruer og i bygg. Skog og tre bind karbon, samstundes som biomasse kan vere eit klima- og miljøvennleg alternativ til energi og produkt som i dag blir produserte med fossilt råstoff. Det er også stort behov for ein tidsmessig infrastruktur som sikrar tilgang til skogressursane. Noreg har framleis den lågaste dekninga av skogsvegar i Skandinavia, og det er også eit betydeleg behov for tømmerterminalar og tømmerkaier. Regjeringa held fram arbeidet med å styrkje infrastrukturen i skogbruket i 2017, og vil på den måten gjere det enklare for dei næringsdrivande å avverke tømmer og plante ny skog.
Berekraftig landbruk
Ivareta landbrukets kulturlandskap
Kulturlandskapet er blitt til gjennom menneskeleg aktivitet og er i kontinuerleg endring. Aktiv drift i landbruket utviklar og held ved like kulturlandskapet. Eit variert og godt ivareteke kulturlandskap er attraktivt for turistnæringa, friluftsliv, rekreasjon, jakt og fiske. Det kan gi grunnlag for etablering av ny næringsverksemd og formidling av viktige verdiar, historie, tradisjonar og naturkunnskap. Særleg vil beitebruk ha stor nytte for å hindre attgroing og for å utnytte fôrverdiane i både inn- og utmark.
Landbruks- og matdepartementet har, saman med Klima- og miljødepartementet, valt ut 22 ulike kulturlandskap, der det blir lagt særskilt vekt på å bevare viktige landskap og kulturmiljø gjennom langsiktig skjøtsel og vedlikehald. Dette arbeidet vil bli ført vidare også i 2017. Departementet vil også føre vidare ordningar for å halde kulturlandskapet i utmark ved lag gjennom beite.
Berekraftig bruk av og vern om landbrukets areal og ressursgrunnlag
Rett bruk av og vern om arealressursane er viktig for å oppnå målet om auka matproduksjon. Både mengda av og kvaliteten på jorda er avgjerande for landbruket og måloppnåinga i landbruket. Det er difor viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjord. Samstundes må jordvernet balanserast mot storsamfunnet sine behov. Stortinget har fastsett det årlege målet for omdisponeringa av dyrka jord til under 4 000 dekar, og bedt regjeringa om at målet blir nådd gradvis innan 2020.
Regjeringa sitt arbeid for ei meir lønsam landbruksnæring med auka matproduksjon og styrkt eigedomsrett er også retta inn mot å halde omdisponeringa av dyrka mark på eit lågt nivå.
Klimaendringar og press på ressursgrunnlaget utgjer eit trugsmål mot målet om auka matproduksjon. Desse utfordringane krev gode tilpassingar i landbruket. Dei genetiske ressursane hos husdyr og matvekstar er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon. God forvaltning av dei genetiske ressursane gjennom bruk og vern er viktig for god måloppnåing i landbruket.
Reduserte utslepp av klimagassar, auka lagring av karbon og gode klimatilpassingar
Regjeringa vil føre ein offensiv klimapolitikk og forsterke klimaforliket. Alt landbruk startar med og føreset opptak av CO2. Landbruket er også opphav til utslepp av klimagassar, men gir samstundes positive bidrag gjennom lagring av karbon i skog og jord. Klimaendringane vil endre føresetnadene for planteproduksjon i Noreg og globalt. God tilpassing til eit klima i endring blir viktig for å bli mindre sårbare og for å utnytte moglegheitene som følgjer med klimaendringane. Regjeringa vil i 2017 halde fram med klimatiltak i skogsektoren. Departementet vil også føre vidare arbeidet med utsleppsreduserande tiltak i jordbruket, og generelt leggje større vekt på klimapolitiske mål i forvaltninga av norske skogar, mellom anna ved å bidra til auka aktivitet i skogbruket.
Ei effektiv landbruks- og matforvaltning
Ei enkel og brukarvennleg forvaltning med god kvalitet
Landbruks- og matforvaltninga skal vere brukarvennleg og kjenneteikna av god kvalitet i alle ledd. For å oppnå dette krev det at heile forvaltninga legg vekt på å gjere forbetringar og å effektivisere prosessar i lys av utviklinga i samfunnet og nye krav. Større omorganiseringar har dei siste åra funne stad i landbruks- og matforvaltninga. Gevinstane skal nyttast til å betre forvaltninga og oppgåveløysinga. Digitalisering av offentlege tenester og interne arbeidsprosessar er viktig for å nå målet om ei enkel og brukarvennleg forvaltning, og verksemdene under Landbruks- og matdepartementet utfører omfattande arbeid for å utvikle og ta i bruk ulike løysingar. Sjå elles omtale under Del IV Særskilde tema.
Gode system for samfunnstryggleik og beredskap
Landbruks- og matdepartementet har ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i eigen sektor, hovudsakleg knytt til matproduksjon og mattryggleik. Departementet er oppteke av at arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap skal vere sporbart og integrert i departementet sitt planverk, styringssystem og i styringsdialogen med underliggjande verksemder. Viktige element i dette arbeidet er å sikre personell og kritisk infrastruktur på best mogleg vis, slik at departementet og underliggjande verksemder i størst mogleg grad kan drive verksemda vidare, uavhengig av uønskte hendingar og kriser.
Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til at hovudmåla i landbruk og matpolitikken blir nådde
For å nå dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla må løyvingane til forsking, innovasjon og kompetanse vere mest mogleg målretta. Samstundes er det viktig at resultata frå forskinga er tilgjengeleg for næring og forvaltning og at instituttsektoren er effektiv og solid og har eit godt samspel med andre.
Forsking, innovasjon og teknologiutvikling skal danne grunnlag for effektiv og berekraftig produksjon og utnytting av fornybare biologiske ressursar. Tett kopling mellom forsking og næringsliv vil vere sentralt for å utnytte potensialet. Tilsvarande vil internasjonalt forskingssamarbeid vere viktig for å heve kvaliteten i forskinga. Landbruks- og matforskinga må følgjast opp med målretta formidling slik at ny kunnskap på ein rask og effektiv måte når ut til aktørane som kan ta kunnskapen i bruk. For å lukkast med dette er det naudsynt å sikre eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i landbruks- og matnæringa.
God rekruttering av fagpersonar med rett kompetanse er viktig for å sikre eit aktivt landbruk, verdiskaping og busetjing i heile landet.
Ivareta norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar
Utviklinga i norsk landbruk og matindustri heng nøye saman med utviklinga internasjonalt. Det er ei rekkje internasjonale avtalar som dekkjer mellom anna handel, plante- og dyrehelse, skog og klima. Mange avtalar blir fornya med jamne mellomrom. Noreg har i fleire av desse særeigne nasjonale interesser som må inkluderast i avtaleverket, mellom anna med basis i naturgitte forhold, kostnadsnivå og nasjonale landbruks- og matpolitiske mål.
WTO-regelverket, inkludert landbruksavtalen, legg rammer for utforminga av verkemidla i landbrukspolitikken. Vidare legg EØS-avtalen klare føringar på regelverket for mat og innsatsfaktorar i Noreg. Det norske regelverket er harmonisert med regelverk i EU på matområdet. Regjeringa legg vekt på å ivareta norske interesser ved å bidra tidlegare i prosesser og politikkutforming i EU enn dei formelle og uformelle foruma EØS-avtalen gir tilgang til. Regjeringa vil innanfor gitte rammer for landbrukspolitikken arbeide for ein friare handel med landbruksvarer. Arbeidet med multilaterale avtalar gjennom Verdas handelsorganisasjon (WTO) og innanfor EØS-avtalen vil bli prioritert.
Noreg deltek også i ei rekkje andre internasjonale forum på landbruks- og matområdet, både globale og regionale, og både innanfor og utanfor FN-systemet. Departementet vil bidra i desse, mellom anna for å bidra til berekraftig utvikling, global matsikkerheit, berekraftig skogforvaltning, bevaring av genetiske ressursar, styrking av landbruket og bønder si stilling i den tredje verda og auka handel mellom land.
1.3 Hovudtrekk ved budsjettframlegget
mill. kr | |||
---|---|---|---|
Nemning | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 | Pst. endr. 16/17 |
Programområde 15 Landbruk og mat | |||
15.00 Administrasjon m.m. | 149,8 | 167,7 | 11,9 |
15.10 Matpolitikk | 1 298,0 | 1 465,1 | 12,9 |
15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | 670,5 | 836,9 | 24,8 |
15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 15 343,9 | 15 525,2 | 1,2 |
Sum Landbruks- og matdepartementet | 17 462,2 | 17 994,8 | 3,0 |
Regjeringa gjer framlegg om å løyve om lag 18,0 mrd. kroner på Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Dette er ein auke på 532,6 mill. kroner, eller om lag 3 pst., frå saldert budsjett 2016. Den største delen av auken er knytt til jordbruksavtalen og tekniske endringar knytte til pensjonsavsetningar og innlemming av Fondet for forskingsavgift på statsbudsjettet.
Hovudprioriteringane i budsjettframlegg for Landbruks- og matdepartementet er:
auka matproduksjon
oppgradering og fornying av infrastrukturen i skogbruket
innsats mot antibiotikaresistente bakteriar
forsking for betre utnytting av bioøkonomien
Innretninga av verkemidla over jordbruksavtalen skal leggje til rette for auka matproduksjon. Løyvingar som følgjer av jordbruksavtalen utgjer ein betydeleg del av budsjettet. Årets avtale gir grunnlag for ein inntektsauke for jordbruket på 3,1 pst. per årsverk. Løyvingane er føreslått auka med om lag 190,5 mill. kroner, av dette 100 mill. kroner som følgje av jordbruksoppgjeret og om lag 90 mill. kroner som følgje av kvantumsjusteringar. Kvantumsjusteringane kjem særleg av auka produksjon av korn og kjøtt.
Regjeringa legg også opp til ein auka innsats mot utvikling av antibiotikaresistente bakteriar, ein auka forskingsinnsats på bioøkonomiområdet og tiltak mot Chronic Wasting Disease (CWD) hos hjortedyr.
Regjeringa føreslår å auke tilskotta til infrastrukturtiltak i skogbruket med 29 mill. kroner. Nye og oppgraderte skogsvegar og tømmerkaier vil vere viktige bidrag til å betre lønsemda i skogbruket. Midlane til infrastruktur vil mellom anna vere retta mot kystfylka på Vestlandet, og gi bidrag til aktivitet og sysselsetjing i desse områda.
Regjeringa vil prioritere breie verkemiddel framfor næringsspesifikke program. Dette bidreg til at det er dei beste prosjekta som mottek støtte og til at ein mindre del av løyvingane blir nytta til administrasjon. Det blir difor gjort framlegg om å avvikle løyvinga til trebasert innovasjonsprogram. Skog- og tresektoren har moglegheit til å søkje midlar under dei breie ordningane som Innovasjon Noreg har. Regjeringa legg etter planen fram ei melding om skog- og trenæring hausten 2016, som omtalar skogpolitiske prioriteringar framover.
1.4 Oversiktstabellar
Utgifter fordelte på postgrupper
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Post-gr. | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 | Pst. endr. 16/17 |
01–24 | Driftsutgifter | 1 585 599 | 1 587 075 | 1 776 682 | 11,9 |
30–49 | Investeringar | 45 642 | 4 536 | 3 992 | -12,0 |
50–59 | Overføringar til andre statsrekneskap | 1 983 648 | 2 013 050 | 2 110 289 | 4,8 |
60–69 | Overføringar til kommunesektoren | 134 933 | 138 846 | 142 664 | 2,7 |
70–89 | Overføringar til private | 13 745 988 | 13 718 741 | 13 961 139 | 1,8 |
Sum under departementet | 17 495 809 | 17 462 248 | 17 994 766 | 3,0 |
Utgifter fordelte på programkategoriar
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kat. | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Budsjettets stilling pr 1. halvår | Forslag 2017 |
15.00 | Administrasjon m.m. | 186 816 | 149 825 | 149 825 | 167 672 |
15.10 | Matpolitikk | 1 316 562 | 1 297 985 | 1 297 985 | 1 465 067 |
15.20 | Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | 561 768 | 670 497 | 670 497 | 836 864 |
15.30 | Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 15 430 663 | 15 343 941 | 14 140 888 | 15 525 163 |
Sum programområde 15 | 17 495 809 | 17 462 248 | 16 259 195 | 17 994 766 |
Inntekter fordelte på programkategoriar
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kat. | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Budsjettets stilling pr 1. halvår | Forslag 2017 |
15.00 | Administrasjon m.m. | 87 842 | 1 002 | 1 002 | 1 027 |
15.10 | Matpolitikk | 174 108 | 162 505 | 162 505 | 199 495 |
15.20 | Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | 19 775 | 19 775 | 20 286 | |
15.30 | Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | 228 117 | 175 569 | 175 569 | 351 496 |
15.40 | Forretningsdrift | 89 895 | 29 500 | 29 500 | 18 060 |
Sum programområde 15 | 579 962 | 388 351 | 388 351 | 590 364 |
Utgifter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 | Pst. endr. 16/17 |
Administrasjon m.m. | |||||
1100 | Landbruks- og matdepartementet | 186 816 | 149 825 | 167 672 | 11,9 |
Sum kategori 15.00 | 186 816 | 149 825 | 167 672 | 11,9 | |
Matpolitikk | |||||
1112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 131 276 | 92 327 | 95 938 | 3,9 |
1115 | Mattilsynet | 1 185 286 | 1 205 658 | 1 369 129 | 13,6 |
Sum kategori 15.10 | 1 316 562 | 1 297 985 | 1 465 067 | 12,9 | |
Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | |||||
1136 | Kunnskapsutvikling m.m. | 112 069 | 222 448 | 226 646 | 1,9 |
1137 | Forsking og innovasjon | 449 699 | 448 049 | 610 218 | 36,2 |
Sum kategori 15.20 | 561 768 | 670 497 | 836 864 | 24,8 | |
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | |||||
1138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 29 366 | 38 800 | 35 760 | -7,8 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 39 475 | 24 019 | 24 019 | 0,0 |
1141 | Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket | 63 751 | |||
1142 | Landbruksdirektoratet | 442 131 | 427 777 | 439 764 | 2,8 |
1144 | Regionale og lokale tiltak i landbruket | 9 505 | 4 118 | -100,0 | |
1148 | Naturskade – erstatningar | 151 191 | 188 728 | 169 000 | -10,5 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket | 96 025 | 133 751 | 137 817 | 3,0 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 14 456 015 | 14 389 377 | 14 579 932 | 1,3 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 119 353 | 113 000 | 114 500 | 1,3 |
1161 | Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn | 23 851 | 24 371 | 24 371 | 0,0 |
Sum kategori 15.30 | 15 430 663 | 15 343 941 | 15 525 163 | 1,2 | |
Sum utgifter | 17 495 809 | 17 462 248 | 17 994 766 | 3,0 |
Inntekter fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 | Pst. endr. 16/17 |
Administrasjon m.m. | |||||
4100 | Landbruks- og matdepartementet | 87 842 | 1 002 | 1 027 | 2,5 |
Sum kategori 15.00 | 87 842 | 1 002 | 1 027 | 2,5 | |
Matpolitikk | |||||
4112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 19 464 | |||
4115 | Mattilsynet | 154 644 | 162 505 | 199 495 | 22,8 |
Sum kategori 15.10 | 174 108 | 162 505 | 199 495 | 22,8 | |
Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling | |||||
4136 | Kunnskapsutvikling m.m. | 19 775 | 20 286 | 2,6 | |
Sum kategori 15.20 | 19 775 | 20 286 | 2,6 | ||
Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak | |||||
4142 | Landbruksdirektoratet | 56 352 | 40 569 | 41 496 | 2,3 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 45 | |||
4162 | Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap | 34 074 | 10 000 | 25 000 | 150,0 |
5576 | Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet | 137 645 | 125 000 | 285 000 | 128,0 |
Sum kategori 15.30 | 228 117 | 175 569 | 351 496 | 100,2 | |
Forretningsdrift | |||||
5651 | Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet | 33 150 | 5 000 | -100,0 | |
5652 | Statskog SF – renter og utbytte | 56 745 | 24 500 | 18 060 | -26,3 |
Sum kategori 15.40 | 89 895 | 29 500 | 18 060 | -38,8 | |
Sum inntekter | 579 962 | 388 351 | 590 364 | 52,0 |
1.5 Oppmodingsvedtak
Tabell 1.1 Oversikt over oppmodings- og utgreiingsvedtak, ordna etter sesjon og nummer
Sesjon | Vedtak nr. | Stikkord | Omtalt side |
---|---|---|---|
2014–2015 | 58, 254 | Forbod mot pelsdyroppdrett | 34 |
2014–2015 | 416 | Konkurranse og effektivitet i daglegvaremarknaden | 72 |
2014–2015 | 451 | Handlingsplan for antibiotikaresistens | 35 |
2014–2015 | 573 | Problemstillinger knytt til myr | 72 |
2015–2016 | 94 | Produksjonstap som følgje av MRSA | 35 |
2015–2016 | 135 | Veterinærinstituttets verksemd i Tromsø og Harstad | 36 |
2015–2016 | 136 | Eigenandel ved obduksjon | 36 |
2015–2016 | 140 | Omdisponeringsmål | 73 |
2015–2016 | 141 | Jordvern | 73 |
2015–2016 | 455 | Utfasing av eksportstøtte | 75 |
2015–2016 | 483 | Konsesjonslova og tvangsfullbyrdingslova | 75 |
2015–2016 | 484 | Priskontroll ved overtaking av landbrukseigedom med bustadshus | 76 |
2015–2016 | 485 | Beløps- og arealgrenser, priskontroll | 76 |
2015–2016 | 486 | Arealgrenser for buplikt | 76 |
2015–2016 | 487 | Arealgrenser for odlingsjord | 76 |
2015–2016 | 488 | Priskontroll på skogeigedommar | 76 |
2015–2016 | 489 | Overdraging utan deling og konsesjon | 76 |
2015–2016 | 490 | Priskontroll på kombinerte jord- og skogbrukseigedommar | 76 |
2015–2016 | 491 | Oppfølging av priskontrollen | 76 |
2015–2016 | 510 | Mangfald av pollinerande insekt | 36 |
1.6 Oversikt over stikkordet «kan overførast»
Under Landbruks- og matdepartementet blir stikkordet føreslått knytt til desse postane utanom postgruppe 30–49
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Kap. | Post | Nemning | Overført til 2016 | Forslag 2017 |
1100 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 614 | 1 545 |
1137 | 71 | Innovasjonsaktivitet mv., tiltak bioøkonomi | 1 | 10 073 |
1138 | 70 | Støtte til organisasjonar | 29 509 | |
1138 | 71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar | 2 500 | 1 251 |
1139 | 71 | Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak | 1 240 | 24 019 |
1142 | 71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark | 11 292 | 4 400 |
1142 | 80 | Radioaktivitetstiltak | 600 | 500 |
1149 | 71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket | 74 407 | 95 570 |
1149 | 73 | Tilskott til skog-, klima- og energitiltak | 18 393 | 42 247 |
1150 | 21 | Spesielle driftsutgifter | 8 275 | 21 500 |
1150 | 70 | Marknadsregulering | 12 859 | 315 100 |
1150 | 74 | Direkte tilskott | 7 329 | 7 965 410 |
1150 | 77 | Utviklingstiltak | 9 925 | 246 380 |
1150 | 78 | Velferdsordningar | 17 898 | 1 541 954 |
1151 | 75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott | 3 994 | 74 200 |
1151 | 79 | Velferdsordningar | 451 | 2 600 |
1 Delar av løyvinga under kap. 1137, post 71 låg i 2016 under kap. 1149, post 74. Overføringa var på 6,440 mill. kroner.