Del 2
Budsjettframlegg
2 Nærare omtale av løyvingsforslaga
Programområde 15 Landbruk og mat
Programkategori 15.00 Administrasjon m.m.
Utgifter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 | Pst. endr. 16/17 |
1100 | Landbruks- og matdepartementet | 186 816 | 149 825 | 167 672 | 11,9 |
Sum kategori 15.00 | 186 816 | 149 825 | 167 672 | 11,9 |
Inntekter under programkategori 15.00 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 | Pst. endr. 16/17 |
4100 | Landbruks- og matdepartementet | 87 842 | 1 002 | 1 027 | 2,5 |
Sum kategori 15.00 | 87 842 | 1 002 | 1 027 | 2,5 |
Mål og strategiar
Departementet sitt ansvarsområde dekkjer heile verdikjeda frå primærprodusent til forbrukar, medrekna juridiske og økonomiske verkemiddel for mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren og nye landbruksbaserte næringar. Landbruks- og matdepartementet har som tverrgåande mål at forvaltninga skal vere effektiv, tilby enkle og brukarvennlege løysingar og vere kjenneteikna av å ha god kvalitet. Sjå også omtale under del III.
Prioriteringar
Regjeringa innførte i 2015 ei avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform. Kravet om mindre byråkrati og ein meir kostnadseffektiv bruk av statlege midlar vil gjelde det meste av statleg forvaltning, også landbruks- og matforvaltninga. Arbeidet med forenkling av byråkratiske prosessar og oppgåver, som har som mål å gi effektive ringverknader og reduserte totalkostnader for samfunnet, vil difor ha høg prioritet også i 2017. I tillegg vil viktige prioriteringar for departementet på det administrative området vere å halde fram arbeidet med å utvikle god styring av underliggjande verksemder og vidareføre arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Sjå også omtale av prioriteringane på dei ulike fagområda under dei respektive budsjettkapitla i proposisjonen.
Kap. 1100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
01 | Driftsutgifter | 146 584 | 145 916 | 163 144 |
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 328 | 962 | 1 545 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan, kan overførast, kan nyttast under post 50 | 39 624 | 2 660 | 2 693 |
50 | Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter | 280 | 287 | 290 |
Sum kap. 1100 | 186 816 | 149 825 | 167 672 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Landbruks- og matdepartementet har ansvaret for å utvikle og setje i verk den overordna politikken innan områda mat, jordbruk, skogbruk, reindrift, klima- og miljøtiltak i sektoren og nye landbruksbaserte næringar. Posten skal dekkje løn og driftsutgifter i departementet. Dei tilsette utgjer den viktigaste ressursen for departementet, og det blir lagt stor vekt på at dei har god samfunnsforståing, samarbeidsevne, effektivitet i oppgåveløysinga og høg fagleg kompetanse.
Rapportering 2015
Det blei nytta om lag 147 mill. kroner til drift av Landbruks- og matdepartementet i 2015. Om lag 70 pst. av løyvinga blei nytta til løn, mens resten blei nytta til husleige, inventar, drift og utvikling av IKT, reiseutgifter, kurs og konferanseverksemd og tiltak for kompetanseutvikling. Departementet hadde per 1.1.2016 137,5 årsverk. Dette er ein nedgang på 7,4 årsverk samanlikna med 2015.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 163,1 mill. kroner til drift av departementet. Auken i budsjettet kjem i hovudsak at av det frå 2017 blir budsjettert også med premie til Statens pensjonskasse, noko som tidlegare har blitt budsjettert under Statens pensjonskasse, jf. omtale i Gul bok.
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Formål med løyvinga
Midlane på posten blir nytta til godtgjering til utgreiingsutval og andre særskilde prosjektrelaterte kostnader i Landbruks- og matdepartementet.
Rapportering 2015
Det blei nytta om lag 300 000 kroner til pelsdyrutvalet og andre utgreiingar.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,545 mill. kroner. Av dette er om lag 0,5 mill. kroner midlar som tidlegare blei budsjettert under kap. 1144, post 77 til dekking av departementet sitt ansvar for KOSTRA og etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald – ordinære forvaltningsorgan
Formål med løyvinga
Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinære utgifter i departementet, ved eigedommane til departementet og til delvis dekking av tilsvarande utgifter ved dei ordinære forvaltningsorgana under departementet. Løyvinga kan også nyttast til utgifter i samband med sal og taksering av eigedommar. I samband med opprettinga av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), vedtok departementet ein regional struktur for instituttet som i nokre høve skil seg frå strukturen dei enkelte institutta har hatt tidlegare. Det kan difor bli aktuelt å avhende heile eller delar av eigedommar som departementet står som eigar av. Utgifter til arbeid med dette kan også førast over posten.
Rapportering 2015
I 2015 blei det nytta om lag 39,6 mill. kroner til større utstyrskjøp og vedlikehald. Dei største utgiftene var knytte til vedlikehald ved departementet sin eigedom i Sikkilsdalen i Nord-Fron kommune, utgifter i samband med sal av departementet sin eigedom på Kjeller i Skedsmo, utgifter i tilknyting til opprettinga av NIBIO og investeringsbehov i instituttet og utgifter til digitalisering av kjøttkontrollen i Mattilsynet.
Budsjettframlegg 2017
Departementet vil gjennomføre naudsynt opprusting og reparasjonar ved ulike eigedommar som departementet har ansvar for. Departementet gjer framlegg om ei løyving over posten på 2,693 mill. kroner. Posten blir sett i samband med og kan nyttast under post 50.
Det kan også i 2017 bli aktuelt med sal av eigedom under departementet, jf. omtale under kap. 4100, post 40. Departementet gjer difor framlegg om at unytta meirinntekter frå sal av eigedom kan reknast med ved utrekning av beløp som kan overførast på posten. Eventuelle inntekter frå sal av eigedommar kan også nyttast til å dekkje større utgifter som følgje av omorganiseringar i ytre etatar og institutt.
Post 50 Større utstyrskjøp og vedlikehald – forvaltningsorgan med særskilde fullmakter
Formål med løyvinga
Løyvinga kan nyttast til finansiering av store nyinnkjøp og ekstraordinært vedlikehald i dei nettobudsjetterte institutta under departementet.
Rapportering 2015
I 2015 blei det nytta 280 000 kroner på posten til tiltak knytt til etableringa av Norsk institutt for bioøkonomi.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 290 000 kroner over posten i 2017. Midlane vil nyttast ut frå dokumenterte behov i instituttsektoren.
Kap. 4100 Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
01 | Refusjonar m.m. | 28 | 115 | 117 |
30 | Husleige | 1 305 | 887 | 910 |
40 | Sal av eigedom | 86 508 | ||
Sum kap. 4100 | 87 842 | 1 002 | 1 027 |
Post 30 Husleige
Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO) leiger lokale i departementet sine lokale på Adamstua i Oslo. I tråd med leigekontrakten som blei inngått i 2015, gjer departementet framlegg om ei inntekt på 910 000 kroner for 2017.
Post 40 Sal av eigedom
Landbruks- og matdepartementet selde i 2015 ei større utbyggingstomt i Skedsmo kommune, ein tidlegare forsøksgard i Bodø kommune og eit bustadshus ved Holt i Tromsø.
Det kan også i 2017 bli aktuelt å selje festetomter, tomter, bygningar, areal m.m. Departementet gjer difor framlegg til Stortinget om fullmakt til å selje opphavleg og innkjøpt statseigedom for inntil 25 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak V, og at departementet kan overskride løyvinga tilsvarande meirinntekter frå sal av eigedom, jf. forslag til vedtak II.
Programkategori 15.10 Matpolitikk
Utgifter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 | Pst. endr. 16/17 |
1112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 131 276 | 92 327 | 95 938 | 3,9 |
1115 | Mattilsynet | 1 185 286 | 1 205 658 | 1 369 129 | 13,6 |
Sum kategori 15.10 | 1 316 562 | 1 297 985 | 1 465 067 | 12,9 |
Inntekter under programkategori 15.10 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 | Pst. endr. 16/17 |
4112 | Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet | 19 464 | |||
4115 | Mattilsynet | 154 644 | 162 505 | 199 495 | 22,8 |
Sum kategori 15.10 | 174 108 | 162 505 | 199 495 | 22,8 |
Mål og strategiar
Budsjettframlegget omfattar Mattilsynet og grunnløyvinga til oppgåver innanfor kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap ved Veterinærinstituttet. Sjå også Prop. 1 S (2016–2017) frå Nærings- og fiskeridepartementet for nærare omtale av Veterinærinstituttet. Budsjettframlegget er viktig for arbeidet med å nå matpolitiske mål og skal særleg bidra til å nå måla i matlova, dyrevelferdslova og dyrehelsepersonellova. Ein del av desse måla har ikkje direkte samanheng med matproduksjon. Framlegget omfattar i tillegg Mattilsynet sitt arbeid for å nå måla i kosmetikklova, husdyravlslova og planteforedlarlova.
Det faglege ansvaret på matområdet er delt mellom Helse- og omsorgsdepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet. Det er eit omfattande og nært samarbeid mellom desse departementa.
Regjeringa sin matpolitikk dekkjer heile matproduksjonskjeda frå jord og fjord til bord. Målstrukturen på dette politikkområdet skil seg difor noko frå måla for landbruks- og matpolitikken, slik dei er omtalte i andre kapittel i denne budsjettproposisjonen.
Hovudmåla på det matpolitiske området er:
å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Andre viktige omsyn er:
tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
sunt kosthald og gode matopplevingar
nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon
Regjeringa legg vekt på ønske og behov hos forbrukarane. Ein mangfaldig matmarknad og lovfesta matinformasjon som er rett, relevant og lett tilgjengeleg, er viktige føresetnader for at forbrukarane skal kunne gjere informerte val og utøve makt i matmarknaden. Offentleg regulerte frivillige merkeordningar for mat skal også bidra til dette.
Regjeringa legg vekt på at rammevilkåra for næringsaktørane, mellom anna regelverk og tilsyn, blir fastsette og utøvde på ein slik måte at ein ikkje skapar konkurransevridingar, samstundes som verksemdene må kunne nytte den fleksibiliteten som ligg i regelverket.
Omfattande handel med innsatsvarer, planter, dyr og mat over landegrensene krev eit sterkt internasjonalt samarbeid. Difor blir krava på matområdet i stor grad utforma internasjonalt. Handelen må skje i samsvar med internasjonale avtalar og basert på internasjonale standardar. Dette er viktig for å sikre at varene vi importerer, er trygge og møter krava til forbrukarane og for å fremje god plante- og dyrehelse. For at norsk eksport ikkje skal bli hindra av urettvise krav frå importlanda, må Noreg vere leiande på overvaking, risikovurderingar og forsking, særleg når det gjeld sjømat og fiskehelse. Dette legg grunnlaget for at norske synspunkt blir høyrde i internasjonale fora som utformar regelverk og standardar. Aktiv norsk deltaking i internasjonale fora er naudsynt, både for å påverke innhaldet i standardar og regelverk og for å utveksle og utvikle kunnskap og erfaring.
Noreg tek aktivt del i internasjonalt samarbeid på matområdet, mellom anna i Codex Alimentarius Commission, FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og Verdas helseorganisasjon (WHO) sin organisasjon for matvarestandardar), Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE) og den internasjonale plantevernkonvensjonen (IPPC). Organisasjonane utviklar standardar som blir lagt til grunn i avtaleverket om mattryggleik, helse og miljø under Verdas handelsorganisasjon (WTO) (SPS-avtalen og TBT-avtalen). Desse avtalane legg også premissar for regelverket i EU/EØS.
Hovuddelen av regelverket på matområdet er harmonisert innanfor EØS. EØS-avtalen er basert på at regelverket i EU og Noreg så raskt som mogleg skal vere felles. Effektive og gode EØS-rutinar er difor svært viktige. Regjeringa legg vekt på ein open og aktiv europapolitikk med tidleg involvering av interessentane, tydelege posisjonar og målretta innsats i dei fasane av den løpande regelverksutviklinga der EØS-avtalen gir Noreg best tilgang. For større eller viktige rammerettsakter som blir handsama i Europaparlamentet eller Rådet, blir det lagt vekt på påverknad opp mot desse organa.
Mattilsynet er den sentrale norske myndigheitsaktøren i gjennomføringa av matpolitikken. Oppgåvene omfattar regelverksutvikling, tilsyn, rettleiing, kartlegging og overvaking i heile matproduksjonskjeda, frå innsatsvarer og primærproduksjon til omsetnad til forbrukarane.
Mattilsynet vil arbeide for å bli meir effektive og synlege, mellom anna ved meir bruk av målretta inspeksjonar med færre kontrollpunkt, såkalla punkttilsyn. Slike tilsyn dannar grunnlaget for utvikling av store og små tilsynskampanjar, og er eit satsingsområde for å auke synleggjeringa av Mattilsynet.
Ansvaret for å kjenne til regelverket og finne løysingar som gjer at dei etterlever regelverket, kviler på den enkelte verksemda. Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket blir etterlevd. Samstundes er aktiv rettleiing om regelverket viktig. Mattilsynet vil halde fram innsatsen for å informere betre om regelverket og gjere det lettare tilgjengeleg. Når det er naudsynt for å nå måla, vil Mattilsynet handheve regelverket ved å nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde.
God kunnskap og vitskapleg dokumentasjon er avgjerande for å nå måla i matpolitikken. Som ledd i regelverksutviklinga på matområdet utfører Vitskapskomiteen for mattryggleik uavhengige faglege risikovurderingar for Mattilsynet. Arbeidet krev god samhandling med Mattilsynet og andre kunnskapsinstitusjonar og god kontakt med European Food Safety Authority (EFSA). Sjå også Prop. 1 S (2016–2017) for Helse- og omsorgsdepartementet kap. 710.
Kunnskapsstøtte frå institusjonar som Norsk institutt for bioøkonomi, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking og Veterinærinstituttet er viktig for at forvaltninga er godt fagleg og vitskapleg fundert.
Feil bruk av antibiotikum til folk og dyr har ført til ein betydeleg auke av motstandsdyktige (resistente) bakteriar som no utgjer eit alvorleg globalt helsetrugsmål. Regjeringa har stor merksemd på området og har mellom anna utarbeidd ein tverrsektoriell nasjonal strategi mot antibiotikaresistens for perioden 2015–2020. Strategien har særleg merksemd på redusert bruk av antibiotikum, rett bruk av antibiotikum og utvikling av kunnskap. Aktiv deltaking i internasjonale fora er viktig for å bidra til betre tilgang til antibiotikum og ansvarleg bruk og for utvikling av nye antibiotikum, vaksiner og betre diagnostiske hjelpemiddel.
I internasjonal samanheng er antibiotikabruken til husdyr i Noreg låg. Dette kjem mellom anna av god dyrehelse, at vi har dyktige og ansvarlege bønder og veterinærar, og at det er eit godt samarbeid mellom næringa og styresmaktene. Grunna utvikling av gode vaksinar, er antibiotikabruken til fisk minimal.
Landbruks- og matdepartementet fastsette i mars 2016 ein handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor sitt sektoransvar. Handlingsplanen skal mellom anna bidra til å nå relevante mål i den tverrsektorielle nasjonale strategien mot antibiotikaresistens 2015–2020. Dei mest sentrale tiltaka er:
Vidareføre omfattande tiltak for å hindre at norske svinebesetningar skal bli eit reservoar for resistente bakteriar
Reservere enkelte kritisk viktige antibiotikum til humanmedisin
Styrkje tilsynet med veterinærane si føreskriving av antibiotikum til produksjonsdyr og kjæledyr
Fase ut bruken av narasin som fôrtilsetjingsstoff til fjørfe, føresett at dette ikkje aukar bruken av antibiotikum
Utgreie forskriftskrav om resistenstesting av røktarar og andre som har kontakt med svin
Vidareføre arbeidet mot antibiotikaresistens hos fjørfe
Utreie strengare krav ved omsetnad av livdyr
Styrkje overvaking og kunnskapsutvikling
Prioriteringar
Målet om å sikre trygg mat og trygt drikkevatn
Noreg er i ein god situasjon samanlikna med andre land når det gjeld matboren sjukdom. Dette kjem mellom anna av at førekomsten av smittestoff i mat og hos husdyr er relativt låg. Dette er nærare omtalt i kap. 1115 og i del III. Sjølv om mattryggleiken i Noreg generelt er god, er det naudsynt med kontinuerleg arbeid for å halde den ved like og for å forbetre den på område der Mattilsynet finn regelbrott og manglar.
Innsatsvarene og matvarene skal vere trygge, anten dei er framstilte i Noreg eller er importerte. Regelverket og tilsynet skal leggjast opp slik at ein gjennom innsats i alle ledd i matproduksjonskjeda bidreg til at sluttprodukta er trygge. I arbeidet for å sikre trygg mat er det viktig å redusere risikoen for sjukdom eller helseskade som kan oppstå på grunn av smittestoff eller framandstoff i innsatsvarer, mat eller drikkevatn.
Det er naudsynt med kontinuerleg arbeid frå verksemdene for å halde oppe og sikre god hygiene i heile matproduksjonskjeda. Verksemder som produserer og omset innsatsvarer og mat, varierer mykje i storleik og karakter. Mange aktørar har god kunnskap og gode rutinar og system for å sikre at dei etterlever regelverket slik at innsatsvarene, maten og drikkevatnet blir trygge. Samstundes viser resultata frå tilsyn at det er stort rom for forbetringar hos mange.
Effektive hygienetiltak og gode arbeidsrutinar i verksemder som framstiller lett forderveleg mat eller som handterer mat som ikkje er innpakka, er særleg viktig. Det er framleis grunn til å ha stor merksemd på dei hygieniske forholda i omsetnadsledda og i serveringsnæringa. Tilsyn med serveringsverksemder er frå 2016 utført som såkalla smilefjestilsyn. Dette er ein einskapleg måte å føre tilsyn på i heile landet samstundes som det gir kundane opplysning om dei hygieniske forholda ved staden.
Regjeringa har i 2014 fastsett nasjonale mål i samsvar med Verdas helseorganisasjon (WHO)/FNs økonomiske kommisjon for Europa (UNECE) sin protokoll om vatn og helse. Formålet er å bringe norsk forsyning av vatn og handsaming av avløp i samsvar med krava som ligg i regelverket. Det er utarbeidd ein gjennomføringsplan for å nå måla på drikkevassområdet. Eit av punkta er å revidere drikkevassforskrifta for å få tydelegare krav til vedlikehald/utskifting av leidningsnett, førebyggjande sikring og beredskap ved vassforsyningssystema og betre kvalitet ved og kontroll med dei små vassverka.
Fleire tilfelle dei siste åra viser den nære samanhengen mellom sjukdom hos dyr og menneske. Tal frå WHO viser at om lag 75 pst. av nye eller kjente infeksjonar som har vore i vekst hos menneske dei siste 30 åra, kjem av smittestoff som kjem frå dyr. Å halde oppe den gode norske dyrehelsa, som er eit resultat av systematisk arbeid gjennom mange år, er viktig både for mattryggleiken og for god helsetilstand i landet.
Overvaking av inntaket av framandstoff og næringsstoff er viktig i folkehelsearbeidet og som grunnlag for faglege risikovurderingar. For å kunne overvake inntaket må ein ha kunnskap om kor mykje folk brukar av ulike matvarer og om innhaldet av framandstoff og næringsstoff i matvarene. Mattilsynet samarbeider med Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet for å oppdatere eksisterande inntaksdata og for å utvide talet på matvarer som ein har inntaksdata for. Det er også viktig med kunnskap om innhaldet av framandstoff i innsatsvarer og råvarer, og om det er miljøforureining i vatn eller jordsmonn som kan påverke innhaldet i fisk, dyr og planter.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Ernæringsarbeidet er omtalt i Prop. 1 S (2016–2017) for Helse- og omsorgsdepartementet og ligg i hovudsak under Helsedirektoratet. Mattilsynet har også ei viktig rolle, særleg når det gjeld merking av næringsinnhald, ernærings- og helsepåstandar og frivillig sunnheitsmerking. Den felles nordiske ordninga med frivillig sunnheitsmerking av mat (Nøkkelholet) gir forbrukarane eit større tilbod av, og betre informasjon om, matvarer som kan bidra til sunnare kosthald.
Forbrukarane, matbransjen og styresmaktene ser merking av mat som eit viktig forbrukaromsyn. Merking er viktig for at forbrukarane skal få rett informasjon om matvarene, mellom anna om kva dei inneheld, korleis dei skal handterast, kor dei kjem frå og kor mykje næring dei gir.
Merking av mat er i hovudsak regulert i den nye matinformasjonsforskrifta. Frå desember 2016 blir det krav om obligatorisk merking av næringsinnhald for dei fleste matvarene som blir selde til forbrukarane. Departementet vil arbeide vidare opp mot EU med sikte på at matinformasjonsforordninga sine reglar om merking av ingrediensar og næringsinnhald også skal gjelde for alkoholhaldige drikkevarer.
Helse- og omsorgsministeren har etablert ei eiga samarbeidsgruppe med leiarar innanfor ulike delar av næringslivet på matområdet. Merking som kan gjere det enklare å setje saman eit sunnare kosthald, er eit aktuelt tema for denne næringslivsgruppa. Andre aktuelle tema for gruppa er å arbeide for lågare innhald av salt, sukker og metta feitt i vanlege matvarer.
Interessa veks for lokal mat og matprodukt med særpreg. Regjeringa legg vekt på å leggje til rette for slik produksjon, jf. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål. Gjennom merkeordninga Beskytta nemningar får produsentane eit rettsleg vern mot kopiering av produktnamnet.
Matdepartementa legg vekt på å bidra i utviklinga av regelverk i EU, slik at ein får minst mogleg innblanding av genmodifiserte organismar (GMO) i tradisjonelt GMO-frie innsatsvarer. Mellom anna blir det arbeidd for ei nullgrense når det gjeld innblanding i såfrø.
Målet om å fremje god plantehelse og god helse og velferd hos landdyr og fisk
Det er viktig med god overvaking og høg beredskap mot mange plante- og dyresjukdommar, planteskadegjerarar og sjukdommar som smittar mellom dyr og menneske (zoonosar). Noreg har generelt god plantehelse, men aukande import av planter og plantemateriale kan auke risikoen for introduksjon av nye sjukdommar og skadegjerarar.
Landdyrhelsa i Noreg er framleis generelt god. Våren 2016 blei Chronic Wasting Disease (CWD) påvist på ein villrein og to elgar i Noreg. Dette er første gongen denne sjukdommen er påvist i Europa. I eit samarbeid mellom miljøstyresmaktene, Mattilsynet og Veterinærinstituttet blir det gjennomført omfattande kartlegging for å få oversikt over utbreiing av sjukdommen.
Det blir lagt stor vekt på å følgje opp handlingsplanen mot antibiotikaresistens og dei sektorspesifikke måla i den nasjonale strategien mot antibiotikaresistens 2015–2020.
Evna til å løyse sjukdomsutfordringane i havbruket er viktig for å kunne ta ut det langsiktige vekstpotensialet. Kontroll med sjukdom er også viktig for å minske smittepresset i miljøet og for å redusere bruk og utslepp av medikament. Lakselus er for tida den største utfordringa. Lakselus er primært eit problem for villfisken. Meld. St. 16 (2014–2015) om vekst i havbruksnæringa, blir følgt opp mellom anna med innføring av ein indikator for lakseluspåverknad på villfisk og inndeling av kysten i spesifikke produksjonsområde.
Produksjonssvinnet i sjøfasen er framleis høgt. Det kjem dels av dårleg smoltkvalitet, dels av forhold ved den enkelte lokaliteten og dels av sjukdom. Det må arbeidast for å redusere verknaden av alle tre årsakene.
Arbeidet med å fremje god dyrevelferd er viktig. Det er naudsynt med merksemd både mot hald av produksjonsdyr og sports- og familiedyr.
For produksjonsdyrehald med mange dyr eller der risikoen for dårleg dyrevelferd er venta å vere høg, blir det gjennomført tilsyn som i størst mogleg grad ikkje er varsla. Besetningar der venta risiko for brot på regelverket er størst, blir prioritert. Auka tilsyn retta mot landdyr i primærproduksjon bidreg også til å førebyggje dyretragediar, ved at Mattilsynet tidlegare kan sjå faresignal for manglande stell. Godt samarbeid mellom Mattilsynet og næringa, mellom anna landbruket si HMS-teneste og slakteria, bidreg også til at dyrehald i risikosona kan bli oppdaga tidleg.
Utvikling av kunnskap om effektar på dyrevelferda av avlstiltak og ulike driftsformer er også viktig.
For å få utvikla eit best mogleg system og klare rutinar for handsaming av alvorlege saker som gjeld mishandling og vanrøkt av dyr, blir det lagt vekt på god samhandling mellom Mattilsynet og politiet. Prøveprosjektet med eigen dyrekrimgruppe i politiet («dyrepoliti») er hausten 2016 utvida, slik at det no omfattar både Sør-Trøndelag og Rogaland.
Hovuddelen av auken i tap av dyr på beite dei siste 15–20 åra skriv seg frå rovvilt. Rovviltforliket i Stortinget i 2011 og Stortinget sitt vedtak i juni 2016 om bestandsmål og forvaltningssone for ulv legg grunnlag for meir effektiv måloppnåing for både rovviltbestandane og moglegheit for levedyktig næringsdrift basert på beitebruk. Regjeringa vil praktisere ein låg terskel for uttak av rovvilt i prioriterte beiteområde.
Andre omsyn
Tilrettelegging for marknadstilgang for norske produkt
Kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.
Norsk sjømat skal vere trygg og av god kvalitet slik at den blir føretrekt på den globale marknaden. Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at produkta som blir eksportert, er trygge. For Noreg som stor eksportør av sjømat, er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda. Rolla til Mattilsynet som tilsynsmyndigheit og evne til kommunikasjon med styresmaktene i importlanda er avgjerande for tilliten.
Den gode norske dyrehelsa blir utnytta i eksportsamanheng, mellom anna når det gjeld ein aukande eksport av avlsprodukt frå husdyr. Også for ein del andre landbruksprodukt er det viktig med marknadstilgang i utlandet.
Sunt kosthald og gode matopplevingar
Det er viktig at fagleg og vitskapleg basert informasjon om samanhengen mellom kosthald og helse når fram til forbrukarane på tenleg måte.
Folkehelsepolitikken legg mellom anna vekt på tiltak for å gjere det enklare å velje sunt, å leggje til rette for gode måltid i barnehagar, skolar og blant eldre og å styrkje kunnskapen om mat, matlaging, kosthald og ernæring. For å følgje opp folkehelsemeldinga og handsaminga i Stortinget, vil ein starte arbeidet med ein ny heilskapleg nasjonal handlingsplan for betre kosthald.
Merksemd på matglede og god matkvalitet er også viktig for at forbrukarane skal kjenne til kor maten kjem frå, korleis han blir produsert og samanhengen mellom mat og helse.
Regjeringa arbeider for å få betre matomsorg på norske sjuke- og aldersinstitusjonar. Departementa vil at måltid for eldre på institusjonar skal vere tilpassa slik at måltida gir matglede og matlyst.
Nyskaping, mangfald, matkultur og verdiskaping
Innovasjon og næringsutvikling knytt til produksjon av mat med lokal identitet er viktig for å kunne ha sterke og innovative små og store verksemder. Som varsla i Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål, vil regjeringa auke tilgangen til lokale matprodukt for forbrukarane (sjå nærare omtale under kat. 15.30).
Mattilsynet vil auke arbeidet med å informere betre om regelverket og for å gjere det lettare tilgjengeleg. Å kommunisere og dele kunnskap med verksemder, bransjeorganisasjonar og kompetansenettverk er viktig for utviklinga på lokalmatområdet.
Langsiktig matforsyning og berekraftig og miljøvennleg produksjon
Arbeidet for å sikre langsiktig matforsyning av landbruksprodukt og berekraftig og miljøvennleg produksjon av landbruksprodukt er hovudsakleg omtalt i kat. 15.30.
Departementa legg vekt på å følgje opp arbeidet med reduksjon i matsvinn i samsvar med intensjonsavtalen som er inngått med aktørane i matbransjen.
Det vil bli arbeidd med å redusere risiko ved bruk av plantevernmiddel. Ny handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel blei fastsett i april 2016.
For omtale av sjømat, sjå Prop. 1 S (2016–2017) for Nærings- og fiskeridepartementet.
Oppmodingsvedtak
Vedtak nr. 58, 1. desember 2014
Vedtak nr. 254, 11. desember 2014
«Stortinget ber regjeringen vurdere forbud mot norsk pelsdyroppdrett i arbeidet med oppfølging av pelsdyrutvalget.»
Vedtaka, som har identisk ordlyd, blei fatta i samband med Stortingets handsaming av Prop. 1 S (2014–2015) for Landbruks- og matdepartementet, jf. Innst. 2, tillegg 1 (2014–2015) og Innst. 8 S (2014–2015).
Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei eiga melding om pelsdyrnæringa hausten 2016.
Vedtak nr. 451, 12. mars 2015
«Stortinget ber regjeringen sørge for at det i tilknytning til den tverrsektorielle strategien mot antibiotikaresistens utarbeides en handlingsplan som viser hvordan offentlige myndigheter, veterinærer, fagmiljøer og næringen sammen kan jobbe mot utbredelse av antibiotikaresistente bakterier innenfor husdyrnæringen.»
Vedtaket blei fatta i samband med Stortingets handsaming av Representantforslag om handlingsplan mot antibiotikaresistente bakterier i mat og dyr, jf. Dokument 8:5 (2014–2015) og Innst. 187 S (2014–2015).
Landbruks- og matdepartementet fastsette i mars 2016 ein handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor sitt sektoransvar. Handlingsplanen skal mellom anna bidra til å nå relevante mål i den tverrsektorielle nasjonale strategien mot antibiotikaresistens 2015–2020. Handlingsplanen er nærare omtalt tidlegare i kategoriomtalen. For å følgje opp handlingsplanen gjer regjeringa framlegg om å styrkje arbeidet mot antibiotikaresistens med 10 mill. kroner i 2017. Løyvinga skal nyttast til auka innsats innan forsking og kunnskapsutvikling ved Veterinærinstituttet og arbeid med det veterinære lækjemiddelregisteret i Mattilsynet.
Vedtak nr. 94, 3. desember 2015
«Stortinget ber regjeringen gjennomgå forskrift om kompensasjon for produksjonstap etter pålegg om nedslakting av svinebesetninger grunnet påvisning av antibiotikaresistente bakterier (MRSA).»
Vedtaket blei fatta i samband med Stortingets handsaming av Prop. 1 S (2015–2016) for Landbruks- og matdepartementet, jf. Innst. 2 S (2015–2016).
Antibiotikaresistente bakteriar hos svin har lita tyding for dyra, men kan vere svært alvorleg for menneske. Styresmaktene har difor ein ambisiøs strategi for å freiste å hindre at MRSA får fotfeste i norsk svinehald.
Det er i utgangspunktet den enkelte dyreeigaren sitt ansvar å sikre at dyr eller produkt frå desse ikkje spreier smitte til dyr eller trugar folkehelsa. Den enkelte produsenten kan i stor grad sjølv bidra til å avgrense og redusere risikoen for MRSA i dyrehaldet. Offentlege erstatnings- og kompensasjonsordningar skal lette etterlevinga av matlova sine krav og forpliktingar, men bør ikkje undergrave det insitamentet dyreeigar har for å treffe gode førebyggjande tiltak.
Landbruks- og matdepartementet har gått gjennom regelverket for erstatning og kompensasjon for produksjonstap til bønder som får pålegg om nedslakting av svinebesetningar på grunn av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA).
Dei fleste tapa som svineprodusentar har etter pålegg om nedslakting, kan dekkjast gjennom forsikring. Etter at ordninga med kompensasjon for delar av produksjonstapet blei etablert, har forsikringsselskapa endra og tilpassa vilkåra sine.
Etter matlova blir det gitt erstatning for dyr som blir avliva etter pålegg og for naudsynte kostnader til dei tiltaka brukaren blir pålagt for å fjerne smittestoff etter avliving. Eventuell differanse mellom faktisk dyreverdi og erstatninga kan i dag ikkje dekkjast gjennom forsikring.
Med bakgrunn i gjennomgangen fastsette departementet 29. mai 2016 ei nye forskrift om erstatning etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjonen. I den nye forskrifta blei standardsatsane for erstatning av dyr auka med om lag 20 pst. Satsane for eige saneringsarbeid blei også auka. Dette vil bidra til å dekkje ein større del av kostnadene til produsentane ved utslakting og sanering.
Departementet har også klargjort praktisering av erstatningsregelverket når det gjeld dekking av utgifter til å få utarbeidd plan for smittesanering og dekking av naudsynte utgifter til avliving/slakting.
Departementet har vidare vurdert om ordninga med delvis kompensasjon for produksjonstap bør endrast. Dei fleste føretak innan svineproduksjonen har ei husdyrforsikring som dekkjer produksjonstap. Kompensasjon frå staten for produksjonstap vil komme til frådrag i utbetalinga frå forsikringsselskapet. Ein auka offentleg kompensasjon vil difor gi redusert forsikringsutbetaling, men normalt ikkje bidra til ei større kostnadsdekking for den enkelte produsenten.
Den statlege erstatningsordninga for dyr og smittesanering gjeld berre der det er gitt pålegg om avliving av dyr. I tilfelle der det er behov for å fjerne smitte utan at dyr har blitt pålagt avliva, blir det ikkje gitt erstatning for desse kostnadene. Det blir heller ikkje gitt kompensasjon for produksjonstap. Dette gjeld mellom anna i tilfelle der det blir påvist MRSA i fjøs der det ikkje er dyr, til dømes ein slaktegrisbesetning der dyra er sendt til slakteri. Så langt er departementet kjent med at det har vore eit slikt tilfelle. Pålagde tiltak for å fjerne smitte og produksjonstap som ikkje blir dekka av staten, kan i utgangspunktet dekkjast av forsikring også i slike tilfelle.
For å halde det statlege bidraget til dekking av kostnadene for svinenæringa knytt til MRSA ved lag, finn departementet det likevel rett å vidareføre kompensasjonsordninga. Det blir ikkje lagt opp til å gjere ytterlegare endringar i regelverket for erstatning og kompensasjon for tiltak mot MRSA.
Vedtak nr. 135, 8. desember 2015
«Stortinget ber regjeringen sørge for at Veterinærinstituttets kompetanse og virksomhet innen grønn sektor og havbruk i henholdsvis Tromsø og Harstad videreføres.»
Vedtaket blei fatta i samband med Stortingets handsaming av Representantforslag om å sikre Veterinærinstituttets avdelinger innen grønn sektor og havbruk i Nord-Norge, jf. Dokument 8:132 S (2014–2015) og Innst. 110 S (2015–2016).
Landbruks- og matdepartementet har i tildelingsbrevet til Veterinærinstituttet for 2016 lagt vekt på at Veterinærinstituttet sin kompetanse og verksemd innan grøn sektor og havbruk i høvesvis Tromsø og Harstad blir vidareført.
Veterinærinstituttet har rapportert at dei har vidareført aktiviteten i høvesvis Harstad og Tromsø på same nivå som i 2015.
Vedtak nr. 136, 8. desember 2015
«Stortinget ber regjeringen sørge for at egenandelene ved obduserte dyr har et nivå som sikrer det antall obduksjoner som trengs for å ivareta og styrke kunnskapen om dyrehelse.»
Vedtaket blei fatta i samband med Stortingets handsaming av Representantforslag om å sikre Veterinærinstituttets avdelinger innen grønn sektor og havbruk i Nord-Norge, jf. Dokument 8:132 S (2014–2015) og Innst. 110 S (2015–2016).
Som oppfølging av vedtaket har Veterinærinstituttet frå og med 1.1.2016 halvert prisen på obduksjonar av produksjonsdyr utført ved laboratoriet i Tromsø. Talet på obduksjonar i perioden 1.1.2016–31.5.2016 ligg likevel på same nivå som i 2015. Dei fleste kjem også no frå område relativt nært Tromsø. Det er for tidleg å konkludere om redusert pris på obduksjoner er eigna for å ivareta og styrkje kunnskapen om dyrehelse.
Vedtak nr. 510, 1. mars 2016
«Stortinget ber regjeringen på egnet måte fremme en sak om nasjonal strategi for å sikre fortsatt mangfold av villbier og andre pollinerende insekter.»
Vedtaket blei fatta i samband med Stortingets handsaming av Representantforslag om nasjonal strategi for bier og pollinering, jf. Dokument 8:6 S (2015–2016) og Innst. 172 S (2015–2016).
Arbeidet med å utarbeide ein nasjonal strategi har starta. Spørsmålet vedkjem fleire departement, og Landbruks- og matdepartementet har oppretta og leier ei arbeidsgruppe med medlemmar frå Klima- og miljødepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Samferdselsdepartementet. Departementet tek sikte på å ferdigstille arbeidet i 2017.
Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
50 | Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet | 90 359 | 92 327 | 95 938 |
51 | Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk | 40 917 | ||
Sum kap. 1112 | 131 276 | 92 327 | 95 938 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet
Veterinærinstituttet er eit biomedisinsk beredskaps- og forskingsinstitutt innan dyrehelse, dyrevelferd, fôr- og mattryggleik. For styresmaktene er Veterinærinstituttet den viktigaste kunnskapsleverandøren ved førebygging, oppklaring og handtering av zoonosar og alvorlege smittsame sjukdommar hos fisk og landdyr. Kunnskapsutvikling og formidling innan fagområda er også viktig som grunnlag for utvikling av lovverk og som støtte til utvikling av ulike samfunnssektorar. Veterinærinstituttet bidreg også i førebygging og handtering av kriser som kjem av smittestoff og andre helseskadelege stoff i fôr og mat.
Veterinærinstituttet er eit forvaltningsorgan med særskilt fullmakt. Veterinærinstituttet får løyvingar til oppgåvene sine innan dyrehelse, fôrtryggleik, dyrevelferd og mattryggleik over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet. Løyvingane til oppgåvene innan fiskehelse og enkelte område innan sjømattryggleik ligg på budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet, jf. kap. 928, post 50 i deira Prop. 1 S (2016–2017). Forsking er ein sentral del av verksemda til Veterinærinstituttet og er omtalt under kap. 1137. Instituttet har ei fri og uavhengig stilling i alle faglege spørsmål.
Veterinærinstituttet yter også tenester og formidlar kunnskap til næring, fagpersonell og dyreeigarar og arbeider for at ny kunnskap blir teken i bruk.
Formål med løyvinga
Dei tildelte midlane under kap. 1112, post 50 blir nytta til Veterinærinstituttet sitt arbeid med å gi fagleg støtte til forvaltninga, mellom anna ved å utvikle kunnskap innan kjerneområda.
Desse er:
Beredskap, diagnostikk og rådgiving
Helseovervaking
Fôr- og mattryggleik
Dyrevelferd
Referansefunksjonar
Mattilsynet er den viktigaste brukaren av kompetansen til instituttet. Veterinærinstituttet vil difor leggje stor vekt på å møte dei behova Mattilsynet har for kunnskap, råd og laboratoriestøtte på kjerneområda til instituttet.
Vitskapskomiteen for mattryggleik har også behov for kompetanse og data som grunnlag for sine risikovurderingar. Veterinærinstituttet vil vere ein sentral kunnskapsbase og oppdragstakar for komiteen.
Rapportering 2015
Beredskap, diagnostikk og rådgiving
Kompetansen og det interne planverket knytt til krisehandtering, blei vidareutvikla i 2015. Veterinærinstituttet deltok i nasjonalt og nordisk nettverk som samordnar tiltak mot bioterror. Veterinærinstituttet deltok i ei øving saman med Mattilsynet og Folkehelseinstituttet for å teste evna til å handtere sjukdomsutbrot innan dyrehelse. I øvinga blei beredskapen mot rabies prøvd. Øvinga viste at det er eit klart forbetringspotensiale med å samle inn data frå felt. Handteringa av fleire sjukdomsutbrot sette instituttet sin beredskapsevne på prøve i 2015, og fleire av desse kravde omfattande oppfølging og samarbeid med Mattilsynet, Miljødirektoratet og andre styresmakter.
Helsa til norske husdyrpopulasjonar er god samanlikna med tilhøva i dei fleste andre land, men Veterinærinstituttet tek årleg imot ei stor mengd prøver frå sjuke eller daude dyr og frå fôr og mat. Talet på prøver undersøkt i overvakingsprogram er redusert dei siste åra, mens talet på diagnostiske prøver frå fisk, talet på prøver tekne ved mistanke om alvorleg smittsame sjukdommar og prøver undersøkt for antibiotikaresistente bakteriar, har auka. I 2015 blei det starta eit prosjekt for å modernisere beredskapen der det er merksemd på å samarbeide med feltpersonale om prøveuttak mellom anna med bruk av ny kommunikasjonsteknologi og forbetra svarrutinar til brukarane. Harmonisering av diagnostikken på ulike område har også hatt høg prioritet.
Av viktige funn i 2015 kan nemnast:
Atypisk kugalskap blei påvist hos eit norsk storfe for første gong i 2015. Atypisk kugalskap oppstår spontant, så ein reknar ikkje med at smitten kom frå fôr eller omgivnaden.
Den alvorlege virussjukdommen flaggermusrabies blei påvist i ei einskild vassflaggermus fanga på Østlandet. Denne rabiestypen smittar i mindre grad til menneske enn klassisk rabies.
I 2015 blei det påvist skabbmidd hos importert alpakka, lama og geit. Skabbmidd hos kameldyr skil seg ikkje frå skabbmidden isolert frå småfe, så det er ein reell smitterisiko til småfe ved sambeiting og hald i same hus.
Det blei påvist fire uavhengige tilfelle med antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) hos gris og eit hos storfe. I oppfølginga blei det påvist fleire sekundærsmitta buskapar og smitta gardstilsette.
Veterinærinstituttet har gitt ei rekkje høyringssvar og større faglege vurderingar i 2015, dei fleste til Mattilsynet. Veterinærinstituttet er også representert i mange styringsgrupper for styresmakter og næring.
Helseovervaking
Veterinærinstituttet overvaker helsetilstanden hos dyr og fisk og fôr- og mattryggleiken gjennom laboratoriediagnostikk av innsendte prøver og deltaking i systematiske overvakingsprogram og internasjonale og nasjonale nettverk. Det er i 2015 undersøkt korleis overvakingsprogram kan bli meir risikoorienterte slik at kostnadseffektiviteten kan auke. Veterinærinstituttet har gitt kunnskapsstøtte ved utvikling av mange ulike overvakingsprogram for Mattilsynet.
Referansefunksjoner og kvalitetssikring
Veterinærinstituttet har 29 nasjonale referansefunksjonar og tre internasjonale funksjonar for Verdas dyrehelseorganisasjon. Kvalitetskrava frå EU for å halde dei nasjonale funksjonane ved lag aukar stadig.
Veterinærinstituttet skal ved behov arrangere ringtestar for dei private laboratoria. I 2015 er det arrangert slike testar for påvising av trikinar i slakt, sju fiskevirus og ein fiskebakterie. Det er no fem private fiskehelselaboratorium som er interesserte i dei metodane Veterinærinstituttet utviklar sjølve.
Fôr- og mattryggleik
Veterinærinstituttet sine oppgåver innan fôr- og mattryggleik er særleg knytte til nasjonale referanseoppgåver. Graden av involvering frå Veterinærinstituttet varierte frå rein rådgiving til stor aktivitet på analysefronten.
Dyrevelferd
Veterinærinstituttet sin kunnskap innan dyrevelferd har vore mykje nytta i rådgiving til forvaltninga i 2015. Dette har ført til betre kvalitet på arbeidet til Mattilsynet ute i felten.
Kompetansen innan dyrevelferd er styrkt i 2015 gjennom ferdigstilling av to PhD-gradar.
Hald av rensefisk har klare velferdsmessige utfordringar med fôring, sjukdommar, dødelegheit og miljømessige forhold. Det er registrert stort svinn hos rensefisk og diagnosane på innsendte prøver til Veterinærinstituttet viser oftast ulike sjukdomsframkallande bakteriar.
Veterinærinstituttet har vidareført drifta av sekretariata for NORECOPA og Rådet for dyreetikk.
Administrative og organisatoriske forhold
Planlegging av nytt bygg med tilhørande brukarutstyr for Veterinærinstituttet på Ås heldt fram i 2015.
Budsjettframlegg 2017
Beredskap, diagnostikk og rådgving
Kvalitetssikra diagnostikk er grunnleggjande for dei oppgåvene som Veterinærinstituttet har innan beredskap, overvaking, oppklaring av sjukdomstilfelle, kunnskapsutvikling og som nasjonal referanseinstitusjon.
Arbeidet med beredskap, helseovervaking, dyrevelferd og forsking blir vidareført med bakgrunn i utviklinga i oppgåvemengd og etterspørsel etter instituttet sine tenester dei siste åra. Instituttet vil gjennom styrkt innsats på biotryggleik bidra til å betre samfunnet si samla beredskapsevne.
Veterinærinstituttet vil vidareutvikle den landsdekkande beredskapsevna gjennom modernisering av diagnostikken og samhandling ved hendingar. Instituttet vil prioritere utvikling og innføring av nye laboratoriemetodar for trugande og eksisterande alvorlege sjukdommar. Mattilsynet kan då få raske og sikre analyseresultat ved utbrot.
Resultat frå overvaking og diagnostisk verksemd skal nyttast i arbeidet med å gi forskingsbaserte råd som grunnlag for tiltak innan forvaltning og næring. Veterinærinstituttet vil yte tenester og kunnskap som medverkar til ei berekraftig næringsverksemd, gjennom eit godt diagnostisk tilbod og med faglege råd og utgreiingar.
Regjeringa gjer framlegg om å følgje opp den nasjonale handlingsplana mot antibiotikaresistens ved å auke tildelinga til Veterinærinstituttet med 2 mill. kroner for å auke kunnskapen om utbreiing og spreiing av antibiotikaresistens. Det blir også gjort framlegg om å styrkje forskinga innan antibiotikaresistens ved Veterinærinstituttet med 3 mill. kroner innanfor basisløyvinga, jf. omtale under kapittel 1137, post 51 Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd.
Helseovervaking
Globalisering, klimatiske endringar, nye produksjonsdyr og endra produksjonsforhold kan gi eit endra sjukdomsbilete. Veterinærinstituttet må vere budd på at nye sjukdommar kan bli introduserte til Noreg. Instituttet vil overvake husdyra si helse slik at nye sjukdommar kan bli oppdaga så raskt som mogleg.
Viltlevande dyr vil vere eit reservoar for nye sjukdommar og zoonotiske smittestoff. Overvaking av viltlevande dyr med tanke på sjukdommar som kan smitte til andre viltlevande dyr, menneske eller husdyr, må difor halde fram. Overvaking og rådgiving ved sjukdomsutbrot hos viltlevande dyr krev ofte omfattande samhandling med Mattilsynet, Miljødirektoratet, andre styresmakter og frivillige organisasjonar. Funn av Chronic Wasting Disease (CWD) er eit døme på dette. CWD er ein prionsjukdom hos hjortedyr som no er påvist hos villrein og elg i Noreg. Hjortedyra døyr av sjukdommen, men det er ikkje påvist smitte til menneske. Det er viktig å kartleggje kor utbredt sjukdommen er, slik at relevante tiltak kan bli sett i verk.
Referansefunksjonar
Veterinærinstituttet vil arbeide vidare med å utvikle rolla si med dei nasjonale referansefunksjonane. Innan zoonosearbeidet dekkjer desse funksjonane matvarer, fôr og dyr. Instituttet må arbeide for å samle og presentere epidemiologiske data, irekna legemiddelepidemiologiske data, gjennom heile verdikjeda. Det er viktig at arbeidet med kvalitetssikring av laboratorieverksemda held fram, slik at diagnostikken er sikker og kan etterprøvast. Funksjonane omfattar også forsking innan dei ulike fagområda.
Fôr- og mattryggleik
Veterinærinstituttet vil halde fram arbeidet med å vidareutvikle diagnostikk og kunnskap om smittestoff og kjemiske stoff som kan truge fôr- og mattryggleiken.
Veterinærinstituttet vil prioritere utvikling av uavhengige vitskapleg funderte faglege råd som gjer styresmaktene i stand til å utvikle lovverket, handtere og førebygge sjukdom hos dyr og fisk og helseskadelege stoff og smittestoff i mat og fôr. Veterinærinstituttet vil arbeide vidare med å profesjonalisere rådgivarrolla for Mattilsynet og styrkje kompetansen innan mattryggleik. Veterinærinstituttet vil vidareutvikle kunnskap omkring hygieniske forhold i biprodukt frå matproduksjon, slik at desse ressursane kan nyttast betre.
Dyrevelferd
Veterinærinstituttet vil leggje vekt på å utvikle kunnskap som kan nyttast til å fremje dyrevelferd. Instituttet vil prioritere å gi styresmaktene kunnskap innan velferd og vidareføre arbeidet med å utvikle velferdsindikatorar for dyrevelferd hos husdyr. Veterinærinstituttet vil halde fram med å drifte sekretariata for Rådet for dyreetikk og NORECOPA.
Kommunikasjon
Veterinærinstituttet vil vidareutvikle kommunikasjon med tanke på å effektivisere kunnskapsoverføring til brukarar og samfunnet elles. Nye nettsider skal leggje til rette for effektiv og målretta kommunikasjon i beredskapssituasjonar og ved formidling av kunnskap.
Administrative og organisatoriske forhold
Det vil bli lagt vekt på å utvikle organisasjonen vidare gjennom å effektivisere arbeidsprosessar og betre utnytting og utvikling av den samla kompetansen. Arbeidet med nye lokale på Ås vil halde fram, og ein vil vidareutvikle samarbeidet med miljøa på Campus Ås.
Post 51 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Bioforsk
Formål med løyvinga
Midlane på posten har vore nytta til ei styrking av fagleg beredskap, utvikling av kompetanse og formidling av kunnskap innan følgjande område:
Effektiv og konkurransedyktig plante- og husdyrproduksjon i heile landet
Berekraftig og miljøvennleg landbruk
Klimavennleg og energiproduserande landbruk
God plantehelse
Trygg mat
Rapportering 2015
Midlane på posten blei for første halvår 2015 tildelte Bioforsk. Frå andre halvår blei instituttet ein del av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Heilskapleg rapportering for kalenderåret 2015 går fram av kapittel 1136, post 50. For omtale av budsjettframlegg for 2017, sjå kap. 1136.
Kap. 4112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
30 | Husleige, Bioforsk | 19 464 | ||
Sum kap. 4112 | 19 464 |
Post 30 Husleige, Bioforsk
Ein stor del av eigedommane som har blitt nytta av Bioforsk inngår i leigeavtale med staten ved Landbruks- og matdepartementet. Frå 1.7.2015 har denne blitt flytta til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), jf. Kap. 4136, post 30.
Kap. 1115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
01 | Driftsutgifter | 1 171 120 | 1 188 157 | 1 351 510 |
22 | Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser | 10 549 | 13 301 | 13 419 |
71 | Tilskott til erstatningar, overslagsløyving | 3 617 | 4 200 | 4 200 |
Sum kap. 1115 | 1 185 286 | 1 205 658 | 1 369 129 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Mattilsynet har hovudansvaret for å føre tilsyn med at regelverket om mattryggleik, plantehelse, dyrehelse, dyrevelferd og helse, kvalitet og forbrukaromsyn blir etterlevd i heile matproduksjonskjeda. Mattilsynet har også oppgåver knytt til regelverksutvikling og internasjonalt arbeid. Området er sterkt prega av internasjonale rammevilkår.
Mattilsynet fører også tilsyn med at regelverk blir etterlevd på område som ikkje har direkte samanheng med matproduksjon. Dette gjeld mellom anna regelverk om planter og dyr som ikkje inngår i matproduksjon, om kosmetikk og kroppspleieprodukt, om dyrehelsepersonell og om omsetnad av reseptfrie legemiddel utanom apotek.
Den enkelte verksemda har ansvaret for å kjenne til og etterleve regelverket. Aktiv rettleiing frå Mattilsynet om regelverket er viktig. Mattilsynet skal nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde, når dette er naudsynt for å sikre etterleving av regelverket.
Mattilsynet skal arbeide etter følgjande mål:
sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
ivareta miljøvennleg produksjon
Hovudmålet i følgje matlova er å sikre forbrukarane si helse. Innanfor rammene av dei måla som er sett, skal Mattilsynet arbeide på ein slik måte at omsynet til aktørane langs heile matproduksjonskjeda blir teke i vare, under dette marknadstilgang i utlandet.
Hovudverkemidla i arbeidet er å:
utvikle og påverke regelverk
rettleie om regelverk
handheve regelverk
overvake status og utvikling på området
ha god beredskap for handtering av hendingar og kriser
Norsk institutt for bioøkonomi, Havforskingsinstituttet, Nasjonalt folkehelseinstitutt, Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking og Veterinærinstituttet yter kunnskapsstøtte til Mattilsynet og har fagleg beredskap med grunnlag i løyvingar frå dei ansvarlege departementa.
Mattilsynet vil halde den gode kontakten med Vitskapskomiteen for mattryggleik ved lag, slik at uavhengige risikovurderingar frå komiteen blir lagt til grunn for Mattilsynet sitt arbeid når dette er naudsynt.
Rapportering 2015
Rapportering etter effektmål
Målet om helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Generelt er maten og drikkevatnet trygt i Noreg. Viktige årsaker til det er låg mengde farlege bakteriar og framandstoff i maten og høg kvalitet på drikkevatnet frå dei store vassverka. Kvart år blir likevel ein del personar sjuke av mat eller drikkevatn. Når det gjeld drikkevatn, er det dessutan store langsiktige utfordringar med vedlikehald av leidningsnettet.
Drikkevatn
I tråd med gjennomføringsplanen for å nå dei nasjonale måla for vatn og helse, blei utkast til ny forskrift om drikkevatn ferdig til høyring ved årsskiftet 2015/2016. Utkastet gjer krava til vassverka tydelegare. Tal frå 2014 som vassverka rapporterer inn om det årlege vedlikehaldet av røyrnettet, viser at utskiftingsgraden framleis er for låg. Mattilsynet har arbeidd for å sikre gode råvasskjelder og for å ivareta omsynet til drikkevatn i dei kommunale planprosessane.
Matsmitte og hygiene
Generelt er smittestoff i maten årsak til lite sjukdom i Noreg. Vi har låg førekomst av smittestoff i mat og husdyr samanlikna med andre europeiske land. Talet på melde tilfelle av matboren sjukdom var lågare i 2015 enn i 2014. Campylobacter er framleis den bakterien vi oftast blir sjuke av. Den vanlegaste årsaken til slik smitte i Noreg er bruk av ikkje-desinfisert drikkevatn heime, på hytta eller i naturen.
Tilsynet utført av Mattilsynet viste at dei største kjøtt- og mjølkeverksemdene i hovudsak har god kompetanse og følgjer regelverket. Ein del mindre verksemder har større utfordringar med å følgje regleverket. Fleire har for dårleg styring med produksjonsprosessane og mangelfulle rutinar for reinhald og vedlikehald.
Mange av serveringsverksemdene har tilfredsstillande hygiene og gode produksjonsrutinar. Likevel fann Mattilsynet manglar med hygienen hos halvparten av serveringsverksemdene som dei besøkte i 2015. Mattilsynet utvikla i 2014 og 2015 ei nasjonal smilefjesordning for tilsyn med serveringsstader. Formålet med ordninga er å harmonisere tilsynet og samstundes gi forbrukarane informasjon om resultata av tilsynet med serveringsstadane.
Det er ikkje påvist at antibiotikaresistente bakteriar i mat har ført til sjukdom hos menneske i Noreg. I desember 2015 fekk Mattilsynet ein rapport frå Vitskapskomiteen for mattryggleik der det blei konkludert med at det i all hovudsak er lite sannsynleg at vi blir utsette for antibiotikaresistente bakteriar frå norske matvarer.
E. coli-bakteriar var årsak til alvorleg og irreversibel nyreliding hos barn så seint som i 2014. Etter E. coli-utbrotet i 2006, auka Mattilsynet innsatsen for god slakterihygiene, og i 2015 blei praktiseringa av regelverket for hygiene ved slakting av småfe skjerpa inn ytterlegare.
Overvaking av importerte friske og fryste bær førte til at berre eitt parti blei trekt frå marknaden grunna dårleg hygienisk kvalitet. Mattilsynet deltek i EU-kommisjonen sitt arbeid med ein rettleiar for god hygienisk praksis for primærproduksjon av vegetabilsk mat.
Framandstoff
I 2015 utarbeidde Mattilsynet ein rapport om innhaldet av akrylamid i matvarer på den norske marknaden. Fleire matvarer har framleis høgt innhald av akrylamid. Mattilsynet har delteke aktivt i regelverksprosessane for å få redusert innhaldet av akrylamid i mat.
Mattilsynet utarbeidde også ein rapport om innhald av bly i kjøttdeig av elg. Meir enn to tredelar av prøvene av malt kjøtt frå elg inneheldt bly over grenseverdien.
Overvakingsprogrammet for restar av legemiddel til dyr, tungmetall og miljøgifter i mat tyder ikkje på ulovleg bruk av legemiddel eller andre stoff.
Overvakingsprogrammet for restar av plantevernmiddel viste få tilfelle over grenseverdiane. Norskproduserte produkt har færre overskridingar enn importerte produkt.
Kosttilskott
Fleire forbrukarar har fått ulike helseskadar ved bruk av kosttilskott. I tillegg kan kosttilskott i kombinasjon med legemiddel gi negative helseeffektar.
Noreg og EU har stort sett dei same reglane på matområdet. Sidan det ikkje er fastsett felles grenseverdiar, har Noreg eigne nasjonale maksimums- og minimumsgrenser for vitamin og mineral i kosttilskot. Mattilsynet har i 2015 arbeidd med å revidere grenseverdiane. Talet på søknader om løyve til å tilsetje vitamin, mineralar og aminosyrer i mat, er lågare enn tidlegare, og verksemdene forbetrar rutinane sine.
I 2015 deltok Mattilsynet i to internasjonale aksjonar, saman med Statens legemiddelverk, Tollvesenet og Helsedirektoratet. Mattilsynet gjennomførte også eit overvakings- og kartleggingsprogram for kosttilskot og sportsprodukt i samarbeid med Antidoping Norge. I åtte av produkta blei det gjort funn som medførte omsetnadsforbod. Kosttilskott blir i aukande grad omsett via internett. Dei nordiske styresmaktene etablerte i 2015 difor ei felles kommunikasjons- og samarbeidsplattform for arbeid med kosttilskott.
Målet om å fremje god helse hos planter, fisk og landdyr
Talet på tilfelle av dyre- og plantesjukdommar er framleis stabilt lågt, og statusen er god. Med aukande import og handel over landegrenser blir det viktig å sikre at statusen også framover held seg god.
Situasjonen er meir alvorleg i oppdrettsnæringa. Kombinasjonen av sjukdommar og handsaming av lakselus skapar store fiskevelferdsproblem og framleis høg dødsprosent for oppdrettsfisk. Resultatet er at produksjonen av oppdrettslaks har flata ut trass i at det er sett ut meir fisk.
Plantehelse
Status for plantehelse i Noreg er betre enn i mange andre europeiske land. Av 153 alvorlege skadegjerarar (unnateke invaderande planter) er det 15 som er kjent å førekomme i Noreg. Av desse 15 var sju under nedkjemping ved utgangen av 2015. Mattilsynet samarbeider godt med næringa i nedkjempinga.
Mattilsynet påviste planteskadegjerarar i nokre importsendingar.
Landbruks- og matdepartementet opna i 2015 for import av eple- og pæretre og jordbærplanter, mellom anna for å forlenge jordbærsesongen og auke mangfaldet. Ikkje alle verksemdene har god nok kunnskap om farane ved import og ansvaret dei har.
Forvaltningspraksisen for nokre skadegjerarar er endra ved at oppfølginga primært er retta mot verksemder som produserer plantemateriale for sal, og ikkje lenger i same grad mot frukt- og bærprodusentar.
Landdyrhelse
Noreg har god dyrehelse. Vi ser ein svak nedgang i talet på utbrot av listeførte sjukdommar. Vi har framleis færre av sjukdommane som kan smitte mellom dyr og menneske, enn dei fleste andre land.
Mattilsynet samarbeider tett med husdyrnæringa og andre organisasjonar om førebygging og nedkjemping når smittsam sjukdom blir påvist.
Mattilsynet påviste fleire utbrot av saueskabbmidd og paratuberkulose hos alpakka og lama. Smitten har truleg følgt dyra ved import. Dette er dei første tilfella av saueskabbmidd i Noreg på 120 år.
Mattilsynet har også påvist ein del sjukdommar som sjeldan eller aldri har vore registrerte i Noreg. Mattilsynet endra raskt vernetiltak og tilpassa regelverket då USA og Europa hadde utbrot av fugleinfluensa og dei baltiske landa hadde utbrot av afrikansk svinepest.
Mattilsynet avdekte fleire tilfelle med smugling av hundar og forfalska dokument som følgjer med kjæledyr frå utlandet
Husdyrmiljøet og maten i Noreg utgjer liten risiko for tilførsel av resistente bakteriestammar til den norske befolkninga, men MRSA hos svin utgjer ein ikkje ubetydeleg risiko. Som einaste landet i verda har Noreg dei siste to åra systematisk teke MRSA-prøver i svinebesetningane. I 2015 blei 821 svinebesetningar undersøkte og MRSA påvist i fire av desse. 33 besetningar, inkludert kontaktbesetningar, fekk påvist MRSA og blei sanerte. I tillegg blei 180 storfebesetningar undersøkte, og av desse blei ei besetning funne positiv.
Resistente bakteriar som blei påvist i fjørfeproduksjon blei spora tilbake til innførte avlsdyr. Husdyrnæringa si handlingsplan mot dette har vist gode resultat.
Fiskehelse
Mattilsynets handtering av smittsame sjukdommar og arbeid med lakselus har bidrege til å bremse den negative utviklinga knytt til fiskehelse. Situasjonen er likevel framleis utfordrande.
Nivået for lakselus per fisk i anlegga i 2015 låg i snitt under grensa sett i regelverket i store delar av landet, med unntak av delar av Midt-Noreg. Problema i Midt-Noreg kjem i stor grad av resistens mot lakselusmidla. Beredskapen i næringa er framleis for dårleg og ikkje tilpassa utfordringane med lakselus. Mattilsynet prioriterte i 2015 å følgje opp anlegga med dei største luseproblema og brukte fleire og strengare verkemiddel enn tidlegare. Eit av verkemidla var redusert produksjon, og 20 anlegg fekk i 2015 vedtak om dette.
I 2015 blei det påvist 15 nye tilfelle av infeksiøs lakseanemi (ILA) i Noreg, og tolv av dei var i dei tre nordlegaste fylka.
Pancreassjukdom (PD) er framleis ein av sjukdommane som gir størst tap hos norsk oppdrettsfisk på grunn av høge dødstal, redusert tilvekst og dårlegare kvalitet på fisken når han blir slakta. Talet på tilfelle var i 2015 om lag på same nivå som i 2014. Det var eitt tilfelle utanfor PD-sona i Nord-Trøndelag.
Det blei ikkje påvist spreiing av lakseparasitten Gyrodactylus salaris til nye regionar. I 2015 blei Ranaelva, Skibotnelva og Signaldalselva behandla.
Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Landdyrvelferd
Årlege tap av sau på utmarksbeite er redusert med om lag 15 pst. dei siste fem åra, men tapstala er framleis høge. Dyrevelferda for dyr på utmarksbeite er ei utfordring og Mattilsynet har tett samarbeid med miljøforvaltninga og næringane i dette arbeidet.
Det blei påvist færre tilfelle av alvorleg vanskjøtsel av dyr i 2015 enn i 2014. Mattilsynet registrerte i alt 57 slike saker, 21 av desse gjaldt kjæledyr. Mattilsynet samarbeider tett med ulike næringsorganisasjonar og offentlege etatar for å førebyggje alvorleg vanskjøtsel av dyr.
Talet på meldingar på Mattilsynet si heimeside auka med 15 pst. til 8 425 meldingar om dyrevelferd.
Mattilsynet gjennomførte 205 tilsyn med pelsdyrhald i 2015. Det blei gjort vedtak om avvikling av pelsdyrhald og fem alvorlege saker blei melde til politiet.
Eit pilotprosjekt blei sett i verk i Sør-Trøndelag politidistrikt for å styrkje Mattilsynet og politiet sitt arbeid med dyrevelferdskriminalitet.
Næringa sitt program for dyrevelferd for slaktekylling har positiv verknad. På bakgrunn av utfordringar med velferd og helse i kalkunproduksjonen bestilte Mattilsynet ei risikovurdering frå VKM. Ny nasjonal forskrift om bruk av dyr i forsøk tok til å verke i 2015. Forvaltninga av forsøksdyrområdet blei ført over frå Forsøksdyrutvalet til Mattilsynet.
Fiskevelferd
Den store bruken av medikamentell behandling mot lakselus har nokre stader ført til svekka fiskevelferd.
Oppdrett og bruk av rensefisk og nye ikkje-medikamentelle metodar til førebygging og handsaming av lakselus aukar. Ifølge anslag frå Sjømat Norge nyttast ikkje-medikamentelle tiltak i dag i om lag 25 pst. av merdene, men det er framleis spørsmål knytt til ein del av metodane når det gjeld omsynet til fiskevelferd. Ein stor del av rensefisken døyr eller går tapt på annan måte i løpet av ein produksjonssyklus.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Den årvisse Merkeskjekken viser nedgang i talet på brot på reglane om merking.
Ein ny og forbetra versjon av Kostholdsplanleggeren blei lansert i 2015.
Eit nasjonalt tilsynsprosjekt om bruk av ernærings- og helsepåstandar som blei gjennomført i 2015, viste at om lag halvparten av dei undersøkte matvarene hadde brot på ein eller fleire av reglane som blei vurdert. Ei erfaring frå prosjektet er at reglane er vanskelege å forstå for verksemdene.
Tilsyn med bruk av frivillige merkeordningar som til dømes bruk av nøkkelhol, inngår som ein del av det ordinære tilsynet med merking av mat.
Mattilsynet gjennomførte i 2015 to prosjekt for å undersøkje om fiskevarer blir merka korrekt med omsyn til art og innhald. Det eine prosjektet var koordinert med EU. Resultata viser at det berre blei påvist avvik med omsyn til deklarert art i ei av 400 prøver frå den norske marknaden.
Fiskekvalitetsforskrifta blei endra, mellom anna for å heve kvaliteten på villfanga fisk. Noregs Råfisklag har fått i oppdrag å føre tilsyn etter delar av forskrifta. Dette kjem i tillegg til Mattilsynet sitt arbeid med hygiene og kvalitet. Mattilsynet har hatt god dialog med Råfisklaget om ordninga og motteke rapportar om Råfisklaget sitt tilsyn.
Målet om å vareta miljøvennleg produksjon
Noreg fekk i 2015 nye reglar for plantevernmiddel etter at meir av EU sitt regelverk på området blei teke inn i EØS-avtalen. Dei nye reglane for bruk og godkjenning av plantevernmiddel vernar helse og miljø betre. Reglane gir Mattilsynet nye og fleire oppgåver med vurdering av godkjenning.
Resultat av meir generell karakter
Internasjonalt arbeid og regelverksutvikling
Mattilsynet deltok aktivt i arbeidet med utviklinga av reglar i EU og EØS i 2015. Mattilsynet har lagt vekt på å fange opp og ta tak i problemstillingar og å arbeide med nytt regelverk på eit tidleg tidspunkt. Mattilsynet deltok i over 250 møte og gjennomførte kvar veke førebuande møte med matdepartementa.
I 2015 blei det under Codex Alimentarius Commission mellom anna arbeidd med standard for fiskeolje, grenseverdiar for kvikksølv i fisk, økologisk akvakultur og bruk av veksthormon i kjøttproduksjon. Noreg har hatt ansvar for Fiskekomiteen. Dette arbeidet blei i hovudsak avslutta i 2015.
Mattilsynet arrangerte i 2015 eit seminar om helse hos akvatiske dyr i samarbeid med Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE).
Mattilsynet har teke del i arbeidet i fleire andre internasjonale organisasjonar, mellom anna kommisjonen for plantesanitære tiltak under IPPC (CPM) og i det nordiske samarbeidet organisert under Nordisk ministerråd.
Marknadstilgang
Det aller meste av eksporten går utan komplikasjonar, men det er utfordringar med marknadstilgangen for sjømat i enkeltmarknader. Noreg eksporterte sjømat til 143 land i 2015. Særlege krav frå enkeltland krev mykje arbeid og kan føre til uvisse eller stans i eksporten.
I 2015 skreiv Mattilsynet ut om lag 50 000 attestar for eksport til land utanfor EØS-området. Om lag 45 000 av desse var for fisk og fiskevarer og om lag 5 400 attestar var for landbaserte produkt.
Russland sitt importforbod gjeld framleis, og i august 2015 oppsto det i tillegg utfordringar med eksporten til Den Eurasiske Økonomiske Union etter at 14 norske lakse- og aureverksemder blei utestengd frå tollunionen. Frå nokre av anlegga blei det gjenopna for eksport, men eit fleirtal er framleis utestengde.
Det har vore utfordringar med eksporten av norsk laks til Kina sidan 2010. I 2015 innførte Kina ytterlegare innstrammingar i importkontrollregimet for norsk laks, samstundes med at regimet er utvida til å gjelde all norsk sjømat.
Eksporten av produkt frå storfe til Japan blei stoppa etter at Noreg fekk konstatert sitt første tilfelle av atypisk kugalskap i februar 2015. Etter omfattande arbeid overfor japanske styremakter blei det opna igjen for eksport i februar 2016.
Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking
Mattilsynet utførte vel 68 000 tilsyn i 2015. Dette er ein nedgang på om lag 4 pst. frå 2014, men samanlikna med 2012 og 2013, er talet på tilsyn om lag 20 pst. høgare. Arbeid i samband med omorganiseringa av Mattilsynet, noko redusert bemanning og fleire tilsyn som krev mykje ressursar, kan forklare den moderate nedgangen frå 2014 til 2015.
Mattilsynet fann avvik ved 55 pst. av tilsyna i 2015. Variasjonen mellom regionane med omsyn til avvik ved ulike typar tilsyn, har blitt mindre dei siste tre åra.
Talet på klagesakar gjekk ned frå 293 i 2014 til 250 i 2015.
Mattilsynet øver beredskapen fleire gonger i året, både nasjonalt og regionalt. Den store nasjonale øvinga i 2015 avdekte særleg læringspunkt knytt til kommunikasjon.
Kommunikasjon
Mattilsynet har arbeidd mykje for å informere og rettleie verksemder og næring om nye reglar. For å bidra til å gjere befolkninga i stand til å ta val som er vel grunngitte, har Mattilsynet formidla rapportar om tilstand, åtvaringar og korleis vi handsamar risiko. Dette er formidla via mattilsynet.no, matportalen.no og ved hjelp av presse og sosiale medium.
I arbeidet med nettstadene legg Mattilsynet vekt på å sikre kvaliteten framfor å få publisert mest mogleg. Dette for å sikre at brukarane av nettstadane får løyst oppgåvene sine. Frå 2015 måler Mattilsynet kor stor del av oppslaga på mattilsynet.no der brukaren får løyst oppgåva. I 2015 var delen på 65,5 pst.
Organisatoriske forhold
Omorganiseringa av Mattilsynet frå februar 2015, har lagt eit godt grunnlag for ei meir einskapleg og effektiv forvaltning. Den regionale verksemda er samla i eitt forvaltningsnivå og talet på regionar er redusert frå åtte til fem. På hovudkontoret er arbeidet med regelverk og styring og utvikling av tilsynet samla i tre avdelingar med kvar sine fagområde.
Omorganiseringa førte til 30 pst. færre leiarar. Føresetnadene for å utvikle eit meir einskapleg tilsyn er betre ved at regionane har fått eit tydelegare ansvar for å koordinere tilsynet både innan, og på tvers av regionane. For å bidra til meir einskapleg forvaltning, er handsaminga av klager på vedtak som regionane gjer, lagt til hovudkontoret.
Budsjettframlegg 2017
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 1 351,510 mill. kroner. I talet inngår premie til Statens pensjonskasse, jf. omtale i Gul bok.
Regelverksutvikling og internasjonalt arbeid
Regelverket på matområdet er i stor grad harmonisert over landegrensene. Codex Alimentarius Commission, OIE og IPPC legg viktige premissar for regelverksutviklinga internasjonalt. Som følgje av EØS-avtalen blir grunnlaget for det norske regelverket hovudsakleg utvikla i EU. Nærare 90 pst. av alle nye forskrifter og forskriftsendringar på Mattilsynet sitt ansvarsområde er knytt til oppfølging av EØS-avtalen. Mattilsynet vil følgje aktivt med i dei sentrale delane av arbeidet i desse organisasjonane.
Matdepartementa legg vekt på samordna og godt førebudd deltaking i alle internasjonale fora. I det internasjonale regelverksarbeidet er det viktig med tidleg og god dialog med relevante interessentar. Mattilsynet vil ta aktivt del i arbeidet i EU med å utvikle nytt regelverk i samsvar med norske synspunkt på utvalde område. Mattilsynet vil prioritere område med særlege norske interesser i regelverksarbeidet.
Mattilsynet skal også bidra til at oppfølging av dei internasjonale pliktene skjer til rett tid og at gjennomføring i norsk rett blir gjort på mest mogleg formålstenleg og brukarvennleg vis.
Regjeringa legg vekt på forenkling for næringane og brukarane. Mattilsynet vil ha særleg merksemd på å forenkle og rydde i regelverket. Mattilsynet vil også leggje vekt på å fremje desse omsyna når dei deltek i internasjonal regelverksutvikling, mellom anna i arbeidsgruppene i EU og i dei aktuelle internasjonale organisasjonane på matområdet. Mattilsynet vil også leggje vekt på å informere betre om regelverket og gjere det lettare tilgjengeleg mellom anna for produsentar og serveringsstader av lokalmat.
For å leggje til rette for marknadstilgang for norske varer i land utanfor EØS-området, vil Mattilsynet vidareføre samarbeidet med matstyresmakter i aktuelle land.
Tilsyn, rettleiing og områdeovervaking
Rettleiing og utøvande tilsyn i dei enkelte verksemdene er kjerneverksemda til Mattilsynet.
Regelverket som Mattilsynet forvaltar er omfattande og til dels komplisert. Mattilsynet vil halde fram arbeidet med å utarbeide rettleiarar og annan informasjon for å gjere det lettare for verksemdene å etterleve regelverket som gjeld for dei. God rettleiing er viktig fordi dei fleste vil vere lovlydige om dei kjenner til kva som gjeld.
Nærleik til verksemdene og god kunnskap om lokale forhold og kva risiko som føreligg skal sikre eit effektivt, målretta og godt synleg tilsyn. Mattilsynet vil ved bruk av fagleg skjønn vere løysingsorientert i møtet med verksemdene samstundes som omsynet til likehandsaming blir ivareteke. Det er verksemdene sitt eige ansvar å kjenne til og finne løysingar som gjer at dei etterlever regelverket. Mattilsynet fører tilsyn med at slik etterleving skjer. Når det er naudsynt for å sikre at måla blir nådde, vil Mattilsynet nytte dei verkemidla lovverket stiller til rådvelde.
Som eit ledd i arbeidet for å bli meir effektive og synlege, legg Mattilsynet vekt på bruk av målretta inspeksjonar med færre kontrollpunkt, såkalla punkttilsyn. Slike tilsyn kan vere ein del av den faste tilsynsrutinen eller danne grunnlag for utvikling av store og små tilsynskampanjar. Smilefjestilsyn i serveringsverksemder er eit døme på dette.
Regelverket om kontroll krev at det skal vere eit effektivt, einskapleg og heilskapleg tilsyn. I følgje regelverket skal tilsynet skje på det leddet i matproduksjonskjeda der effekten er størst. På mange område betyr dette at tilsyn bør skje tidleg i matproduksjonskjeda. Mattilsynet vil også prioritere tilsyn retta mot dyrevelferd.
Omfanget av tilsyn med verksemdene blir tilpassa risikoen for og konsekvensar av regelbrott både generelt og i den enkelte verksemda. Dette krev god kunnskap om tilstanden på dei ulike områda. Nasjonale kontrollplanar skal liggje til grunn for prioritering og rapportering.
Mattilsynet forvaltar også regelverk som ikkje er direkte knytt til risiko for helse hos folk, planter og dyr. Også på desse områda er det viktig med målretta og effektivt tilsyn.
Mattilsynet vil innrette arbeidet med kartlegging og overvaking slik at det blir målretta og kostnadseffektivt. Overvakings- og kontrollprogram knytt til plikter etter internasjonale avtalar eller norske tilleggsgarantiar, vil ha prioritet.
Mattilsynet vil arbeide vidare for å motverke matsvindel nasjonalt og internasjonalt. Arbeidet er prioritert i EU, mellom anna ved gjennomføring av årlege koordinerte kontrollprogram for nærare bestemte varegrupper der alle medlemsstatane og Noreg deltek, og utvikling av dataverktøy for utveksling av informasjon om svindelforsøk.
Målet om å sikre helsemessig trygg mat og trygt drikkevatn
Mattilsynet vil arbeide for at maten og drikkevatnet skal vere trygt med omsyn til folkehelse.
Arbeidet med å halde ved like gode hygieniske forhold i alle verksemder i matproduksjonskjeda krev kontinuerleg merksemd frå verksemdene og aktiv og målretta arbeid frå Mattilsynet.
Regelverket om hygiene og kontroll legg vekt på verksemdene sitt eige ansvar for å etterleve krava, og for å ha system og rutinar som sikrar mattryggleiken i heile matproduksjonskjeda frå og med innsatsvarer og primærproduksjon til og med omsetnad til forbrukarane. Dette gjeld også ved import.
Regjeringa fastsette i mai 2014 nasjonale mål på vassområdet i samsvar med Verdas helseorganisasjon/UNECE sin Protokoll for vatn og helse. For å følgje opp måla innan Helse- og omsorgsdepartementet sitt ansvarsområde er det laga ein gjennomføringsplan der Mattilsynet og Folkehelseinstituttet har sentrale rollar. Dette bidreg samstundes til oppfølging av Meld. St. 19 (2014–2015) Folkehelsemeldinga og delmål 3.3 under FNs berekraftmål 3 om å sikre god helse og fremje livskvalitet for alle, uansett alder. Mattilsynet vil følgje opp arbeidet gjennom å forbetre regelverket, utarbeide rettleiarar og framleis leggje vekt på tilsyn på drikkevassområdet.
Mattilsynet vil vurdere utvikling av nytt regelverk og tilsynsmetodar som kan bidra til å skape tryggare forhold ved import og omsetnad av kosttilskott og liknande næringsmiddel.
Målet om å fremje god helse hos planter, landdyr og fisk
God plante-, landdyr- og fiskehelse er viktige føresetnader for produksjon av trygg mat og for verdiskaping i næringane. Tiltak og rutinar i næringane er viktige for å førebyggje introduksjon og spreiing av sjukdom og skadegjerarar.
Mattilsynet vil arbeide for at helsetilstanden hos planter, landdyr og fisk framleis skal vere god. Førebyggjande tiltak og god beredskap er viktig mot dei mest frykta planteskadegjerarane og smittsame sjukdommane hos landdyr og fisk. Dette er også viktig for å hindre utbrott av dyresjukdom, som også kan smitte over og gi sjukdom hos menneske (zoonosar).
Det er viktig å overvake og gjere tiltak som betrar og sikrar ein god resistenssituasjon i norsk husdyrhald. Overvaking, sanering og smitteførebyggjande tiltak mot LA-MRSA (dyre-assosierte methicillinresistente Staphylococcus aureus-bakteriar) i svinebesetningar vil bli vidareført. Likeeins vil Mattilsynet sjå på tiltak mot resistente bakteriar i fjørfehaldet.
Chronic Wasting Disease (CWD) er ein prionsjukdom hos hjortedyr som i 2016 blei påvist hos villrein og elg i Noreg. Hjortedyra døyr av sjukdommen. CWD har vore kjent i Nord-Amerika i nærare 50 år. Overføring av sjukdommen til menneske er aldri påvist. I samarbeid med miljøstyresmaktene og Veterinærinstituttet har Mattilsynet hausten 2016 sett i verk ei omfattande kartlegging av førekomsten av sjukdommen. Det vil bli innhenta prøver frå elg, hjort og reinsdyr som blir felt under jakta og av sjuke hjortedyr. Mattilsynet vil også ta prøver av oppdrettshjort og tamrein. Kartlegginga vil halde fram i 2017. Så langt er det planlagt eit samla omfang på om lag 16 000 prøver.
Mattilsynet vil styrkje arbeidet med fiskehelse og fiskevelferd, mellom anna gjennom arbeidet for å redusere førekomsten av lakselus og tap i oppdrettsnæringa. Mattilsynet vil følgje opp den vidare tilsynsinnsatsen knytt til dei strengare miljøkrava ved høve til auka produksjon i havbruksnæringa. Mattilsynet vil også bidra til oppfølging av Meld. St. 16 (2014–2015) om vekst i havbruksnæringa.
For å setje styresmaktene i stand til å gjennomføre dei tilsyn som krevjast i samband med oppfølginga av Meld. St. 16 (2014–2015), vil det vere naudsynt å auke ressursane til Mattilsynet. Det blir føreslått å auke løyvinga med 12,5 mill. kroner mot tilsvarande auke i gebyrinntekter, jf. omtale under kap. 4115.
Målet om å fremje god dyrevelferd og respekt for dyr
Mattilsynet vil ha merksemd på tilsynet med dyrevelferd, både for produksjonsdyr og familie- og sportsdyr. Mattilsynet vil leggje vekt på å utnytte verkemidla i dyrevelferdslova for å fremje god dyrevelferd.
Mattilsynet vil samarbeide med politiet om å gjennomføre prøveprosjekta med dyrepoliti i Sør-Trøndelag og Rogaland som blei starta opp i 2015 og 2016. Formålet er best mogleg handsaming av saker som gjeld alvorleg omsorgssvikt og overgrep mot dyr. Målet er å utvikle system og rutinar for handsaming av slike saker, slik at alvorleg kriminalitet mot dyr skal føre til straffesak og domfelling.
Lidingar hos og tap av dyr på beite har ulike årsaker og er ei stor utfordring som Mattilsynet vil ha merksemd på. Mattilsynet vil vidareføre god samhandling med miljøstyresmaktene når det gjeld tap som skriv seg frå rovvilt, jf. rovviltforliket i Stortinget 2011 og Meld. St. 21 (2015–2016).
Oppdrettsfisk skal haldast, transporterast og slaktast under etisk akseptable forhold. Mattilsynet vil ha merksemd på å oppdretthalde god fiskevelferd når oppdrettarar tek i bruk triploid fisk.
Målet om å fremje helse, kvalitet og forbrukaromsyn
Mattilsynet skal arbeide for at mat, drikkevatn og innsatsvarer har rett kvalitet og rett innhald, og at regelverket om merking og ærleg omsetnad blir følgt. Regelverket om merking av mat skal sikre at forbrukarane har tilgang til rett informasjon om eigenskapane til maten.
Mattilsynet har også viktige oppgåver i ernæringsarbeidet, særleg når det gjeld tilsyn med merking, ernærings- og helsepåstandar og frivillig sunnheitsmerking (Nøkkelholet).
Innhaldet av ulovlege mengder av genmodifisert materiale i næringsmiddel og fôr på den norske marknaden, ser ut til å vere lågt. Problema knytt til sporforureining av genmodifisert materiale synest størst i fôrvarer. Mattilsynet vil føre vidare overvakinga av genmodifisert materiale i både fôr og næringsmiddel.
Målet om å ivareta miljøvennleg produksjon
Mattilsynet vil bidra til at matlova sitt formål om å ivareta miljøvennleg produksjon blir oppfylt. Kvaliteten på innsatsvarer som såvarer, gjødsel, plantevernmiddel og fôrvarer er avgjerande for miljøvennleg produksjon, og verkar også inn på kvaliteten på maten.
Ny handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel blei fastsett i april 2016. Arbeidet for å redusere bruken av og risikoen ved bruk av plantevernmiddel, vil bli ført vidare med utgangspunkt i planen.
For 2017 er det gjort framlegg om ei løyving knytt til oppfølging av Handlingsplan plantevernmiddel, jf. kap. 1150, post 77.15.
Marknadstilgang
Mattilsynet har ei viktig rolle i arbeidet med å leggje til rette for marknadstilgang for norske produkt, og kontakt med aktuelle styresmakter i andre land er avgjerande for å betre marknadstilgangen.
Dei seinare åra har det vore ein auke i krava til dokumentasjon på at norsk sjømat er trygg og har rett kvalitet. For Noreg som stor eksportør av sjømat er det avgjerande å kunne dokumentere mattryggleik og kvalitet gjennom heile produksjonskjeda.
Mattilsynet vil arbeide med å forenkle og effektivisere utskriving av eksportattestar for fisk til land utanfor EØS-området.
Andre område
Dyrehelsepersonell
Mattilsynet forvaltar lovgivinga som skal sikre forsvarleg yrkesutøving hos dyrehelsepersonell. Mattilsynet vil leggje vekt på at dyrehelsepersonell driv forsvarleg verksemd, særleg i samband med utlevering og bruk av antibiotikum. Det vil også bli lagt vekt på å få betre kvalitet på registeret over bruken av legemiddel til dyr.
Departementet føreslår å styrkje arbeidet med veterinærmedisinsk lækjemiddelregister mellom anna for å betre oversikta over veterinærar som skriv ut antibiotikum og samanhengen med utvikling av resistens.
Kosmetikk
Mattilsynet vil føre tilsyn og følgje opp arbeidet med å utvikle regelverket som skal sikre at kosmetikk og kroppspleieprodukt er helsemesseg sikre for menneske og dyr. Mattilsynet vil samarbeide med Folkehelseinstituttet om å overvake helseskadelege biverknader ved bruk av kosmetikk og kroppspleieprodukt.
Post 22 Reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 13,419 mill. kroner. Løyvinga skal dekkje utgiftene for Mattilsynet til reguleringspremie til kommunale og fylkeskommunale pensjonskasser.
Post 71 Tilskott til erstatningar
Departementet gjer framlegg om ei løyving på posten på 4,2 mill. kroner. På posten vil det bli ført utbetalingar til personar som har ytt naudhjelp til dyr etter dyrevelferdslova § 4 der det ikkje er nokon eigar av dyret som kan dekkje kostnaden. På posten vil det også bli ført kostnader for tiltak sett i verk av Mattilsynet i medhald av matlova, dyrehelsepersonellova og dyrevelferdslova i dei tilfella der kostnaden ikkje kan drivast inn frå eigar.
Kap. 4115 Mattilsynet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
01 | Gebyr m.m. | 144 006 | 156 886 | 193 764 |
02 | Driftsinntekter og refusjonar m.m. | 10 638 | 5 619 | 5 731 |
Sum kap. 4115 | 154 644 | 162 505 | 199 461 |
Post 01 Gebyr m.m.
På posten blir gebyrordningane under Mattilsynet ført. Dette omfattar gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet gjer for konkrete brukarar og gebyr for visse tilsyns- og kontrolloppgåver der desse eintydig rettar seg mot konkrete brukarar.
Det vil i 2017 bli innført eit gebyr for tilsyn med fiskehelse med eit budsjettert proveny på 12,5 mill. kroner. Gebyret skal dekkja kostnadene Mattilsynet har til å utføre tilsyn med at aktørane har kontroll på fiskehelsa i anlegga, med hovudvekt på lakselus.
Gebyr for kontroll med økologisk produksjon og omsetnad, som tidlegare har vore ført utanfor statsrekneskapen, blir i 2017 innarbeidd i statsrekneskapen og utgjer om lag 12 mill. kroner. Kap. 1115, post 01 blir auka tilsvarande.
Gebyrsatsane for kjøttkontroll og veterinær grensekontroll er lågare enn kostnadene Mattilsynet har ved å utføre desse oppgåvene. Det er ved budsjettering lagt til grunn at gebyrsatsane for kjøttkontroll og veterinær grensekontroll blir auka med høvesvis 9 pst. og 20 pst., tilsvarande 9 mill. kroner, i tillegg til ordinær prisjustering.
Post 02 Driftsinntekter og refusjonar m.v.
På posten blir det mellom anna ført diverse driftsinntekter frå oppgåver som Mattilsynet gjer for anna forvaltning, til dømes for tilsyn med omsetnad av reseptfrie legemiddel utanfor apotek og oppgåver knytt til miljøretta helsevern for kommunane. Her vil det også bli ført inntekter frå gebyr for særskilte ytingar som Mattilsynet av omsyn til næringsutøvarane yter utanom ordinær arbeidstid.
Programkategori 15.20 Forsking, innovasjon og kunnskapsutvikling
Utgifter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 | Pst. endr. 16/17 |
1136 | Kunnskapsutvikling m.m. | 112 069 | 222 448 | 226 646 | 1,9 |
1137 | Forsking og innovasjon | 449 699 | 448 049 | 610 218 | 36,2 |
Sum kategori 15.20 | 561 768 | 670 497 | 836 864 | 24,8 |
Inntekter under programkategori 15.20 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 | Pst. endr. 16/17 |
4136 | Kunnskapsutvikling m.m. | 19 775 | 20 286 | 2,6 | |
Sum kategori 15.20 | 19 775 | 20 286 | 2,6 |
Mål og strategiar
Forsking, innovasjon og kompetanse skal bidra til at dei landbruks- og matpolitiske hovudmåla – matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk blir nådde. For å sikre effektiv bruk av midlane, legg departementet vekt på målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon og at kunnskap og kompetanse skal gjerast lett tilgjengeleg for næring og forvaltning. I tillegg er ein effektiv og sterk instituttsektor viktig for å sikre god, forskingsbasert forvaltning. Dette krev eit godt samspel mellom instituttsektoren, andre relevante kunnskapsmiljø, ulike næringsaktørar og forvaltninga.
Norsk landbruk har eit stort potensial for vidareutvikling, men står også overfor utfordringar. Forsking og ny kunnskap er ein føresetnad for at Noreg skal lukkast med å utvikle det berekraftige landbruket til å bli meir effektivt og lønsamt, og for å sikre stabil leveranse av trygg kvalitetsmat. Kunnskap er også berebjelken i bioøkonomien, der framtidig vekst og verdiskaping i større grad er basert på berekraftig produksjon, uttak og utnytting av biomasse frå landbruk, skogbruk, havbruk og fiskeri. Kunnskap og teknologiutvikling skal bidra til det grøne skiftet ved at vi brukar dei biologiske ressursane våre smartare og utviklar produkt som er mindre ressurskrevjande og meir klima- og miljøvennlege. Satsinga på bioøkonomien skal leggje grunnlag for auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av sektorar og næringar.
Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon
Både nasjonale og internasjonale utviklingstrekk, mellom anna folkeauke og klimaendringar, er viktige bakteppe for landbruks- og matforskinga, og for dei prioriteringane sektoren gjer på forskingsområdet. Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon. Med bakgrunn i dette legg Landbruks- og matdepartementet til grunn at forskinga skal gi viktige bidrag til auka og lønsam matproduksjon, samstundes som det skal takast naudsynte omsyn til miljø og klima. Dette krev kunnskap og teknologi som sikrar auka produktivitet og best mogleg utnytting av tilgjengelege ressursar, inkludert kunnskap om korleis matproduksjonen blir påverka, og best kan tilpassast, eit endra klima. Ny kunnskap er også heilt avgjerande for å halde den gode plante- og dyrehelsa og gode dyrevelferda i Noreg ved lag. Regjeringa forsterkar innsatsen retta mot antibiotikaresistens, eit behov som mellom anna er stadfesta i regjeringa sin nasjonale strategi mot antibiotikaresistens (2015–2020) og Handlingsplan mot antibiotikaresistens innanfor Landbruks- og matdepartementets sektoransvar. Strategien er omtalt nærare under programkategori 15.10.
Folkeauke og klimaendringar inneber store utfordringar, men også betydelege moglegheiter for sektoren. Forsking og ny kunnskap er viktig for å møte utfordringane og for å realisere potensiala, noko som mellom anna er peikt på i arbeidsgrupperapporten Landbruk og klimaendringar. Kunnskap som kan bidra til å løyse store samfunnsutfordringar, til dømes utfordringar knytt til klima, miljø, energi og matsikkerheit, er også eitt av dei tre overordna måla i Meld. St. 7 (2014–2015) Langtidsplan for forskning og høyere utdanning 2015–2024.
Landbruket rår over eit betydeleg ressursgrunnlag. Dette gir potensial for økonomisk vekst innanfor ei rekkje næringar og innanfor heile verdikjeda, frå primærleddet til forbrukarane. Kunnskap som bidreg til optimal utnytting av dei omfattande biologiske ressursane og tett kopling mellom forsking og næringsliv vil vere sentralt for å ta ut potensialet i bioøkonomien. Ei satsing på området skal bidra til auka lønsemd i eksisterande næringar og danne grunnlag for innovasjonar og ny næringsverksemd. Verdien av kunnskap, forsking og innovasjon som drivkraft for verdiskaping og utvikling av vekstkraftige regionar i heile landet er også understreka i Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål.
Landbruks- og matforskinga skal utløyse innovasjon og verdiskaping. Det er eit mål å vidareutvikle ein kunnskapsbasert landbruks- og matsektor gjennom å stimulere næringane i sektoren til å forske meir og til å nytte seg av forskinga til andre, både nasjonalt og internasjonalt. Nye produkt og produksjonsmåtar, nye tenester, nye måtar å samarbeide på, nye måtar å organisere næringsverksemd på m.m. vil framover kunne gi moglegheiter for vekst i sektoren. Departementet legg vekt på innovasjon og teknologiutvikling som grunnlag for effektiv og berekraftig produksjon og utnytting av fornybare biologiske ressursar, jf. innovasjonsaktiviteten til departementet, kap. 1137, post 70.
Dei utfordringane og kunnskapsbehova som sektoren står overfor er i stor grad felles med andre land, både i Europa og elles. Norsk deltaking i internasjonal forsking på landbruks- og matområdet er difor naudsynt for å løyse felles utfordringar, heve kvaliteten på forskinga her i landet, fornye norsk forsking og for å kunne forstå og nytte forskingsresultat frå andre land. Regjeringa har gjennom Strategi for forsking- og innovasjonssamarbeid med EU sett seg som mål at to pst. av dei konkurranseutsette midlane i Horisont 2020 skal førast tilbake til norske aktørar. Ei slik målsetjing krev ei omfattande mobilisering og eit godt samspel mellom nasjonale og europeiske forskingsmidlar. Internasjonal spisskompetanse hos forskingsmiljøa i sektoren er ein føresetnad for å delta i internasjonalt forskingssamarbeid. Regjeringas Panorama-strategi for høgare utdannings- og forskingssamarbeid med Brasil, India, Japan, Kina, Russland og Sør-Afrika (2016–2020) legg til rette for meir målretta og langsiktig samarbeid for styrkt konkurransekraft og innovasjonsevne, finne gode løysingar på globale samfunnsproblem og utvikle fleire framifrå fagmiljø i Noreg. Innan landbruks- og matsektoren er målet om meir internasjonalt forskingssamarbeid av høg kvalitet særs viktig, fordi dei globale utfordringane innan sektoren i tida framover er store.
Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning
Sektoren har lange tradisjonar for samarbeid mellom styresmakter, næringsaktørar og kunnskapsmiljø når det gjeld kunnskapsutvikling og forskings- og utviklingsarbeid. Gjennom dette har sektoren eit godt utgangspunkt for at forskinga er relevant og at ny kunnskap kjem til nytte. Samstundes er det viktig med eit omfattande samspel mellom landbruket og andre sektorar i arbeidet med å fremje forsking og innovasjon. Dette vil leggje grunnlaget for synergiar mellom landbruks- og matnæringane og andre næringar gjennom utveksling av kunnskap, teknologi og idear. Ikkje minst vil vidareutvikling av bioøkonomien, der eit av Noregs fortrinn ligg i eit tett samarbeid mellom blå og grøn sektor, krevje samarbeid på tvers av fagområde og ulike næringar.
Ei målretta politikkutforming med gode avgjerder for landbruks- og matsektoren krev kontinuerleg tilgang på oppdatert kunnskap. Forskingsbasert kunnskap bør i størst mogleg grad liggje til grunn for politikkutvikling og forvaltning. Samfunnsvitskapleg forsking skal bidra med kunnskap om landbruket si rolle, fremje lokal og regional utvikling, og gi kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket. Det same gjeld forholdet mellom landbruket og samfunnet elles. Samfunnsvitskapleg forsking vil også gi meir kunnskap om samspelet mellom politikk, forvaltning og næring.
Landbruks- og matforskinga må følgjast opp med målretta spreiing av kunnskap slik at resultata av forskinga raskt og effektivt når ut til aktørane som kan ha nytte av den, og til allmenta elles. Noregs forskingsråd set krav til at formidlingsaktivitet er ein integrert del av forskingsprosjekta. For å lukkast er det også naudsynt å sikre eit godt samarbeid mellom dei ulike aktørane i landbruks- og matnæringa. Mellom anna er Norsk Landbruksrådgiving eit viktig bindeledd mellom kunnskapsmiljøa og primærjordbruket. Tilsvarande er Skogbrukets Kursinstitutt ein sentral aktør for opplæring og formidling i skogsektoren.
Primærleddet i landbruket og industrien som foredlar mat og fiber, er høgteknologisk og kunnskapskrevjande. Dette sett høge krav til kompetanse hos næringsutøvarar, rådgivarar og utdanningsinstitusjonar. God rekruttering både til yrkesutdanning og til høgare landbruks- og matfagleg utdanning vil vere viktig for å utdanne kompetent arbeidskraft til eit framtidsretta landbruk.
Ein effektiv instituttsektor i samspel med andre
Det er eit mål å ha ein effektiv instituttsektor i landbruket som driv forsking av høg kvalitet og relevans, og som har godt omdømme og høg internasjonal konkurransekraft. Nasjonale og internasjonale konkurransearenaer, strategiske løyvingar og systematisk oppbygging av kompetanse skal leggje til rette for auka kvalitet i forskingsinstitutta i landbruket.
I 2015 blei Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) oppretta. Instituttet skal kartleggje og ha kunnskap om biologiske ressursar og arbeide for kommersialisering knytt til berekraftig bruk av ressursane slik at Noreg kan få ei breiare næringsverksemd i framtida. Saman med Veterinærinstituttet (VI), dekkjer NIBIO viktig bioøkonomisk og biomedisinsk kompetanse.
Departementet vil vidareføre arbeidet med å leggje til rette for faglege og administrative synergiar mellom landbruks- og matforskingsinstitutta. Det blir lagt vekt på tverrfaglegheit og godt samarbeid mellom dei ulike landbruks- og matfaglege forskingsmiljøa.
Etablering av kunnskapsklynger er eit viktig verkemiddel for kompetanse og kunnskapsutvikling. Den felles lokaliseringa av NIBIO sitt hovudsete, Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og frå 2019 VI på Campus Ås, vil skape grunnlag for eit kunnskapsbasert kraftsentrum innanfor undervisning, forsking og innovasjon. Det gjeld både innanfor dei eksisterande bionæringane og i utvikling av ny næringsverksemd innanfor bioøkonomien.
Den felles lokaliseringa av NIBIO, NMBU og VI på Ås legg også eit godt grunnlag for vidare samarbeid mellom desse miljøa og Nofima AS. Selskapet har kompetanse som er sentral for å vidareutvikle og auke konkurranseevna i norsk næringsmiddelindustri. I tillegg er den tverrfaglege tilnærminga til Nofima sentral for å ta ut det potensialet som ligg i samarbeid mellom blå og grøn sektor på matområdet.
Landbruks- og matdepartementet vil vidareføre arbeidet med å utvikle fagleg og økonomisk robuste forskingsinstitutt og bidra til eit godt samarbeid mellom miljøa innanfor landbruks- og matforskinga og andre relevante samarbeidspartnarar. God rekruttering og moderne infrastruktur for forskinga vil også vere viktig for å oppnå auka kvalitet.
Kap. 1136 Kunnskapsutvikling m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
50 | Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi | 112 069 | 222 448 | 226 646 |
Sum kap. 1136 | 112 069 | 222 448 | 226 508 |
Post 50 Kunnskapsutvikling, formidling og beredskap, Norsk institutt for bioøkonomi
Formål med løyvinga
Midlane over posten skal nyttast til kunnskapsutvikling, fagleg beredskap, utvikling av kompetanse, analyse og dokumentasjon og formidling av kunnskap innan følgjande område:
Effektiv og konkurransedyktig mat- og planteproduksjon i heile landet
Nasjonal beredskap innan mattryggleik og plantehelse
Eit miljøvennleg landbruk
Betre klimarapportering og kunnskap som grunnlag for klimatiltak
Areal- og genressursar
Berekraftig skogbruk og utmarksforvaltning
Føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi
Rapportering 2015
Oppgåvene som tidlegare blei utførte av Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking blei vidareført av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) i andre halvår 2015. Instituttet dekkjer langsiktig kunnskapsbehov for berekraftig verdiskaping innan norsk jordbruk, hagebruk og skogbruk. Vidare gir instituttet forvaltninga og næringa oppdatert kompetanse innan klima og andre relevante miljøspørsmål. Det innehar også kompetanse som trengst for langsiktig nasjonal beredskap innan matsikkerheit, mattryggheit, plantehelse og ulike skadegjerarorganismar. NIBIO utarbeider næringsøkonomisk dokumentasjon og utfører driftsøkonomiske analysar som grunnlag for landbrukspolitiske forhandlingar, avgjerder og økonomisk styring av landbruksføretak. Instituttet utfører nasjonale undersøkingar av areal- og ressursgrunnlaget for landbruket, og held ved like det nasjonale kartgrunnlaget på desse fagområda.
NIBIO har tidsseriar over mange år som skildrar ressursgrunnlaget i Noreg. Dette datagrunnlaget er unikt og omfattar skogressursar, jordressursar, beiteressursar og landskapsressursar. I 2015 har alle kommunane i landet for første gong teke i bruk oppdaterte kart og jordregister som kontrollgrunnlag av arealtilskot. Vidare blei det i 2015 gjennomført jordsmonnkartlegging, beitekartlegging og ferdigstilt endringsanalysar for seks fylke som gir informasjon om kulturlandskap og attgroing. I tillegg har NIBIO gjennomført feltundersøkingar for å sjå på endringar i jordbrukets kulturlandskap, med tilstandsrapport til Riksantikvaren.
NIBIO har bidrege til at alle kommunar og fylke har fått oppdatert arealstatistikk. For arealovervaking i utmark er feltarbeidet ferdig for heile landet. I 2015 blei 70 suppleringsflater kartlagde og to nye arealstatistiske utgreiingar ferdigstilte.
NIBIO har ansvaret for prosjektet Miljøregistreringer i Skog (MiS) og utviklar her det naudsynte kunnskapsgrunnlaget for dei miljøregistreringane som er ein del av skogbruksplanane til skogeigarane. Sjå kap. 1139, post 70 for meir detaljert rapport.
NIBIO har ansvaret for Landsskogtakseringa som også er den eldste ressurskartlegginga instituttet styrer. Data og resultat som blir henta inn av Landsskogtakseringa dannar eit viktig grunnlag for nasjonale skogpolitiske strategiar og for internasjonal rapportering til Kyotoprotokollen og klimakonvensjonen. Ressursoversikter og tilstandsdata for skog basert på lange tidsseriar er også viktig for ein kunnskapsbasert berekraftig forvaltning av skogen. Resultata frå Landsskogtakseringa nyttast av offentleg forvaltning, næring og industri. Data frå dette arbeidet dannar også grunnlag for forsking innan ei rekkje område. Landsskogtakseringa blei etablert i 1919 som den første i verda for å overvake utviklinga i skog i nasjonal skala. Sidan den gong har meir eller mindre heile landet blitt taksert ti gonger, og instituttet er no i gang med det 11. takstomdrevet.
Instituttet har i 2015 også hatt i oppgåve å gi råd til skogplanteskolene, ivareta oppgåver knytt til overvaking av skogskader og drive oppbygging av kunnskap om trevirket sine miljøeigenskaper og auka bruk av tre i bygg. Instituttet har også delteke i internasjonale, skogfaglege prosessar, med vekt på arbeid med utvikling av system for skogoversikter og rapportering.
NIBIO har bidrege til forbetra klimarapportering og grunnlag for klimatiltak, mellom anna gjennom å vere med i internasjonalt arbeid med utvikling av metodar og retningsliner for klimagassrekneskap, som Noreg rapporterte til for første gong i 2015. I samarbeid med Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet har instituttet vurdert vern eller bruk av skog som klimatiltak. Vidare er det gjennomført undersøkingar for Global Research Alliance on Agricultural Greenhouse Gases. NIBIO har vore med i arbeid for betre å kunne rekne ut klimagassrespons av ulike landbrukssystem og har i 2015 vore involvert i Integrated Carbon Observation System og Lavutslippssamfunnet 2050. I løpet av året starta arbeidet med å få betre forståing av karbonlagring i djupare jordlag.
Norsk senter for bioenergiforskning er eit samarbeidsprosjekt mellom NIBIO og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). Senteret har i 2015 arbeidd med testing av nye biogassteknologiar i pilotskala.
NIBIO har ferdigstilt utgreiingar, bidrege til rapportering til EU etter fornybardirektivet og gitt råd innan mange skogfaglege område. Forsøksfelt er registert for bruk til nye forskingsprosjekt.
NIBIO er ansvarleg for Norsk genressurssenter. Senteret har til oppgåve å registrere og overvake status for nasjonale genressursar i landbruket, koordinere bevaringstiltak og vere eit fagleg ressurssenter på området. Senteret koordinerer nasjonale genressursaktivitetar innanfor husdyr, kulturplanter og skogstre i samarbeid med aktuelle aktørar. Genressurssenteret driftar slektskapsdatabasen for storfe, Kuregisteret, som blir brukt til kontroll av produksjonstilskot til verneverdige storferasar, til overvaking av utvikling av rasane og som grunnlag for berekraftig avl. Aktivitetar er også knytt til bevaring av kulturplanter og skogstre og til drift av ein database over alle verneområde i skog i Noreg. Senteret deltek i nordisk, europeisk og anna internasjonalt samarbeid om genressursar. I 2015 utarbeidde senteret Noregs nasjonale rapport om biologisk mangfald i landbruket til FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO). I 2015 har instituttet fått fagleg støtte til deltaking i og oppfølging av internasjonalt arbeid.
Gjennom året har NIBIO stått for ei omfattande kunnskapsutvikling for å fremje effektiv og konkurransedyktig mat- og planteproduksjon i heile landet. Mellom anna har utvikling av sortar som er godt eigna for norsk jord- og hagebruk, inkludert gras og kløvervekstar, vore viktig. Resultata frå utprøving av ulike sortar er publisert og formidla raskt og effektivt ut til næringa. Innan økologisk produksjon har mellom anna fosforutnytting, planteforedling, nedkjemping av nematodar, uttesting av quinoa og førebyggjande sjukdomstiltak hos lam på beite vore tema i 2015. Innan arktisk landbruk har aktivitetane vore retta mot lokalmatprodusentar, reindrift og nye naturbaserte næringar.
For å støtte opp under eit berekraftig og miljøvennleg landbruk, har instituttet vidareført langvarige jordkulturforsøk som omfattar gjødslingsforsøk, jordarbeidingsforsøk og dyrking av varig eng under varierte klimatiske vilkår.
Innanfor det internasjonale samarbeidet har instituttet delteke i dei europeiske nettverka CHeriShape og TempAg, der landbruk, landskap, samfunn og berekraftig intensivering har vore sentrale tema. Undersøkingar for å finne årsak til den stagnerte grovfôrproduksjonen i Noreg er også utført.
NIBIO har auka kunnskapen om effektive dyrkingssystem i jordbruket med minst mogleg negativ verknad på klima og miljø. Mellom anna er fosforstatus og utslepp av klimagassen N2O vurdert. Vidare har NIBIO undersøkt miljøeffektar av plantevernmidlar og integrert plantevern med særleg vekt på resistens.
God plantehelse er viktig for jordbruket, og NIBIO har utvikla kunnskap for å halde oppe eit friskt plantemateriale. Overvaking av ulike skadegjerarar står sentralt, og varslingstenesta for planteskadegjerarar er vidareutvikla. Instituttet har ytt brei rådgivings- og beredskapsstøtte til Mattilsynet både innan skadegjerarar og plantevernmidlar.
Andre sentrale tema på miljøområdet har vore tilpassa gjødsling, betre drenering, reinseteknologi, resirkulering og utnytting av avfallsressursar og ikkje-fornybare ressursar. Instituttet har også vore ansvarleg for det fleirårige arbeidet med jord- og vassovervaking i landbruket (JOVA). Arbeidet er viktig for å vurdere effekten av klimaendringar på jordbruket og miljøeffektar av jordbruket. Resultata frå dei siste åra tyder på aukande nitrogen- og jordtap. NIBIO har også arbeidd mykje med vatn, grunnvatn og vassdirektivet.
NIBIO har vidareført samarbeidet med Mattilsynet om å undersøkje førekomst av restar av plantevernmiddel i mat. Fleire nye metodar er etablert, validert og/eller akkreditert. I 2015 blei det analysert 1 305 prøver (frå både norskprodusert og importert mat) for om lag 370 stoff i overvakingsprogrammet. NIBIO har analysert korn for mykotoksinar, og vore aktive i GMO-debatten.
I 2015 har instituttet utarbeidd fleire næringsøkonomiske dokumentasjonar og analysar. Dette er mellom anna dokumentasjon til jordbruksforhandlingane, normalårsberekningar, rapporten Utsyn over norsk landbruk, PSE-berekningar og oppdaterte EAA-data til Eurostat.
NIBIO har også utarbeidd rapporten Mat og industri og Håndbok for driftsplanlegging, utført matvareforbruksberekningar for Helsedirektoratet og månadleg publisert prisutvikling på ulike ledd i matvarekjeda. I tillegg er 912 rekneskap og 31 samdriftsrekneskap granska.
Budsjettframlegg 2017
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 226,646 mill. kroner til kunnskapsutvikling, formidling og beredskap i NIBIO. Løyvinga skal prioriterast til følgjande område:
Effektiv og konkurransedyktig mat- og planteproduksjon i heile landet
NIBIO skal utvikle kompetanse som kan bidra til auka produktivitet, betre kvalitet og lønsam planteproduksjon under ulike dyrkings- og klimaforhold i Noreg. Næringa skal også ha tilgang til forskingsbasert kunnskap om økologisk produksjon. Innsatsen retta mot samanhengen mellom planteproduksjon og husdyrproduksjon for å styrkje kunnskapsgrunnlaget for husdyrproduksjonen skal vidareførast.
NIBIO skal vidareutvikle kompetanse på ulike planteskadegjerarar og ha beredskap som kan bidra til friske planter i jord- og hagebruket. Det er særleg viktig å møte utfordringane ved risiko for innføring og spreiing av nye skadegjerarar ved endringar i klima, auka handel og transport over landegrenser.
Nasjonal beredskap innan mattryggleik og plantehelse
NIBIO er ein viktig leverandør av kunnskapsstøtte til styresmaktene og ulike forvaltningsorgan for å sikre nasjonal kapasitet og beredskap på matområdet. Beredskapsperspektivet er særleg retta mot evna til å halde ein høg nasjonal matproduksjon ved lag, standardar og tiltak som sikrar trygg mat. NIBIO skal også ha beredskap for å kunne handtere sjukdommar og skadeorganismar som trugar god norsk plantehelse, og som kan utgjere ein alvorleg risiko for norsk matproduksjon og norsk natur.
NIBIO skal ha beredskap og kompetanse på verkemåtar og effektar av ulike plantevernmiddel og andre innhaldsstoff i planter med potensielt uheldig verknad. NIBIO skal ha tilstrekkeleg kapasitet til å utføre analysar som nasjonalt referanselaboratorium.
Eit miljøvennleg landbruk
NIBIO skal ha kompetanse og dokumentasjon på dei langsiktige konsekvensane av ulike dyrkingssystem og metodar for å sikre god ressursutnytting og framtidig produksjonspotensial i jordbruket. Det er særleg behov for dokumentasjon om korleis variasjon i klima og dyrkingsmetodar verkar på erosjon, forureining, biologisk mangfald og genetiske ressursar, og kva tiltak som kan bli sett i verk. Det er behov for kunnskap som gir grunnlag for å redusere bruken av kjemiske plantevernmiddel.
Betre klimarapportering og kunnskap som grunnlag for klimatiltak
NIBIO skal bidra til at forvaltninga har tilgang til kunnskap som gir grunnlag for utforming av effektive verkemiddel for å nå klimapolitiske målsetjingar.
Instituttet skal ha kompetanse på omfang og effektar av utslepp av klimagassar frå landbruket og potensialet for karbonbinding i jord og skog. Dette gir grunnlag for framtidige teknologiske og strukturelle val innanfor landbruket, samstundes som landbruket kan produsere energi av eige råstoff og anna avfallsmateriale.
NIBIO skal bidra til å skaffe fram informasjon om korleis klimaendringane verkar på naturen og landbruket. Instituttet skal gi råd om klimatilpassing, og kva for bidrag landbruket kan gi i arbeidet med å løyse klimautfordringane. Endringar i lager av karbon, tilgangen på fornybar energi og byggeråstoff må vurderast i samanheng. Instituttet skal få fram betre data om karbonlager og karbonendringar i jordsmonn og skog. Vidare skal det utviklast metodar og opplegg for forbetring av bidraga til klimagassrekneskapen, slik at rekneskapen byggjer på best moglege data. Det er eit mål at instituttet vidareutviklar klimasenterfunksjonen sin og rolla det har innanfor internasjonal klimagassrapportering.
Kart og geodata
NIBIO skal utvikle kart- og geodatatenestene sine i samsvar med kva næringa og styresmaktene treng av informasjon og tenester på dette området. Instituttet skal sørgje for sikker forvaltning av data frå ressursundersøkingane og arbeide med analyse og utvikling av ny statistikk og nye temakart. Dessutan skal instituttet leggje til rette for digitale kart- og tenesteløysingar på internett.
Instituttet skal ivareta og koordinere landbruket sitt bidrag til Geovekst. Midlar til dette skal forvaltast saman med midlar til arealressurskart og flybilete, med sikte på at landbruket skal få rett til å nytte alle kartdata som blir etablerte innanfor Geovekst. Instituttet må ha god kontakt med brukarane som nyttar produkta frå kart- og datasamarbeidet. Geovekstsamarbeidet, vedlikehald av arealressurskarta, løysinga for Noreg i bilete og regelmessig nasjonal omløpsfotografering, skal samla sett bidra til god dekning av detaljerte kart og flybilete av jordbruks- og skogareala. Instituttet skal gi kommunane kunnskapsstøtte til oppdatering og vedlikehald av karta.
Instituttet skal støtte arbeidet til Statistisk sentralbyrå (SSB) med nasjonal arealstatistikk og European Environmental Agency (EEA) sitt arbeid med europeisk arealovervaking. NIBIO skal også utvikle løysingar som viser arealendringar i kartet og som statistikk. Instituttet skal også yte bistand til internasjonale prosessar for auka samordning av og samhandling om geodata på tema instituttet har ansvar for.
Data samla inn frå satellittar har eit potensial for å bli nytta i overvaking av skog- og arealressursar. Satellittbaserte tenester for navigasjon og posisjonering blir også nytta til mange formål innanfor landbruksnæringane. Noreg tek del i Copernicus, som er EU sitt program for jordobservasjon. Instituttet skal saman med Statens kartverk bidra i utviklinga av landtenesta i Copernicus. Noreg er også med på utviklinga av Galileo, eit europeisk system for satellittnavigasjon. Instituttet skal i denne samanhengen yte kompetansestøtte innanfor landbruksrelaterte tema.
NIBIO skal samarbeide med Landbruksdirektoratet om å forvalte, vedlikehalde og gjere kartdata frå reindrifta tilgjengeleg. I tillegg skal instituttet bidra til at reindrifta sitt ansvar for kartleveransar inn i den nasjonale infrastrukturen blir teke vare på.
Areal- og genressursar
Ressursundersøking og -overvaking er langsiktige program som skaffar informasjon om tilstand og utvikling av ressursar som landbruket nyttar og forvaltar. Dette er naudsynt kunnskap for å nå måla i landbruks- og matpolitikken. Sentrale oppgåver er vedlikehald av det nasjonale arealressurskartet (AR5), Landsskogtakseringa og Arealrekneskapen for utmark. Vidare omfattar programma mellom anna systematisk overvaking av kulturlandskapet og kulturminne, kartlegging av jordsmonn, eit internasjonalt forankra overvakingsopplegg for skogskadar (OPS) og vegetasjonskartlegging for å betre utnyttinga av beiteressursane. Det siste er viktig for å auke matproduksjonen ut frå ressursar i utmarka og for å dokumentere faktisk bruk av beiteareal, tap av beitedyr generelt og effektar av rovvilt og andre forhold som påverkar næringsmessig beitebruk. Kunnskapen om areal og jordsmonn er også viktig i arbeidet med ein heilskapleg jordvernstrategi. NIBIO skal også halde fram arbeidet med å leggje til rette for statistikk om utmarkseigedommar, og forbetre og vidareutvikle statistikken ut frå dei erfaringane som er gjort sidan 2009.
Arbeidet med forvaltninga av dei genetiske ressursane i landbruket er samla i Norsk genressurssenter og forankra i den strategiske planen til senteret. Senteret har ansvar for å gi råd til departementet og Landbruksdirektoratet om genressursforvaltning.
Genressurssenteret skal arbeide i nær kontakt med Nordisk Genressurssenter (NordGen), jf. kap. 1139, post 71. Senteret er nasjonalt kontaktpunkt for oppfølging av internasjonale prosessar og avtalar innanfor fagområda og for møte i ulike samarbeidsforum på nordisk, europeisk og globalt nivå. Dette gjeld mellom anna nasjonal oppfølging av og rapportering til FAO sin kommisjon for genetiske ressursar for mat og landbruk (CGRFA) og Den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og jordbruk (ITPGRFA).
Genressurssenteret skal også oppdatere og følgje opp nasjonale handlingsplanar for vern og bruk av genetiske ressursar innanfor kulturplanter, skogstre og husdyr og samarbeider med mange aktørar om dette. Samarbeidet med foredlings- og avlsorganisasjonane om berekraftig avl og foredling og med miljøforvaltninga om in situ-ivaretaking er viktig.
Berekraftig skogbruk og utmarksforvaltning
NIBIO skal vere leiande på kunnskap om berekraftig skogbruk og utvikle ny kunnskap om utnytting av ressursane i utmarka. Dette er viktig både for ressursforvaltning, verdiskaping og politikkutforming.
Instituttet skal som del av dette vedlikehalde og utvikle ei kart- og innsynsløysing med sikte på å samle og tilby relevante data om skog og arealressursar til brukarar og samarbeidspartar. NIBIO skal halde oppe Landsskogtakseringa og drifte FoU-prosjektet Miljøregistreringer i Skog og samarbeide med Landbruksdirektoratet om kartlegging av behov og prioritering av tiltak.
Det er naudsynt å ha høg beredskap for å oppdage skadar på skog i ein tidleg fase og for å førebyggje mellom anna at nye og skadegjerande soppar og insekt etablerer seg i Noreg. Dette blir stadig viktigare på grunn av klimaendringane. Instituttet skal difor gi informasjon og drive rettleiing og rådgiving om patologiske og entomologiske skadar på skog, mellom anna gjennom nordisk samarbeid og formidling av informasjon. Det er viktig at instituttet arbeider for å sikre ei effektiv og heilskapleg organisering og drift av relevant skogskadeovervaking og beredskap. Internasjonalt samarbeid er viktig, som til dømes arbeidet under konvensjonen om langtransporterte grenseoverskridande luftforureiningar.
Informasjon og tilgjengeleg kunnskap om skog og skogbruk, klima, biologisk mangfald og ulike miljøverdiar er omfattande og kjem frå mange ulike kjelder. I den nettbaserte kartløysinga Skogportalen, som blei lansert i 2015, er miljøinformasjon for skogforvaltninga samla. Tilbodet skal vidareførast i 2017.
Norsk institutt for skog og landskap gav i 2014 ut rapporten Bærekraftig skogbruk i Norge. NIBIO skal oppdatere rapporten regelmessig på eigna måte.
Instituttet skal føre vidare langsiktige feltforsøk på viktige norske treslag. Desse feltforsøka er viktige for historisk dokumentasjon av skogutviklinga, som grunnlag for vidare utvikling av eit berekraftig skogbruk og for kunnskap om skogen si rolle i klimapolitikken.
NIBIO skal delta i internasjonalt samarbeid om skog, og har ansvar for norsk rapportering til FOREST EUROPE og FAO. NIBIO skal delta i det europeiske arbeidet som blir gjort med å vidareutvikle verktøy for berekraftig skogforvaltning.
Føretaks-, nærings- og samfunnsøkonomi
NIBIO skal levere eit godt grunnlag for økonomiske og politiske avgjerder med stor verdi for produksjon og omsetnad av landbruksprodukt, næringsmiddelindustri og matvaremarknader, bygdenæringar og landbruket si rolle i samfunnet. Instituttet skal også utarbeide materiale som grunnlag for arbeidet til Budsjettnemnda for jordbruket, og er sekretariat for nemnda etter avtale med Landbruks- og matdepartementet. Instituttet har i tillegg ein del særskilte utgreiingsprosjekt der departementet er oppdragsgivar.
NIBIO skal ha eit samfunnsperspektiv i arbeidet sitt med landbruks- og matsektoren. Utviklinga i internasjonale råvaremarknader, endringar i handelspolitiske rammevilkår og konsekvensane av dette for norsk landbrukspolitikk og matproduksjon er også viktige tema NIBIO skal leggje vekt på. Departementet legg vidare vekt på auka bruk av data frå driftsgranskingane til forsking og utgreiing, og på at det framleis er ei vesentleg brukarfinansiering av mellom anna kursverksemd innan driftsøkonomisk rettleiing og styring.
Kap. 4136 Kunnskapsutvikling m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
30 | Husleige, Norsk institutt for bioøkonomi | 19 775 | 20 286 | |
Sum kap. 4136 | 19 775 | 20 286 |
Post 30 Husleige NIBIO
Ei rekkje av eigedommane som blir disponerte av NIBIO er eigd av Landbruks- og matdepartementet, der bruken er regulert i ei leigeavtale som går ut 31.12.2016. I samband med opprettinga av NIBIO blei det vedteke å gå gjennom den regionale strukturen for instituttet. Det er førebels ikkje endeleg avklart kva dette vil bety for eigedommane som inngår i leigeavtalen. Departementet legg difor opp til å forlenge avtalen også for 2017. I tråd med kontrakten er det difor budsjettert med ei inntekt på 20,286 mill. kroner.
Kap. 1137 Forsking og innovasjon
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
50 | Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd | 257 662 | 256 065 | 261 323 |
51 | Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd | 183 433 | 183 193 | 185 277 |
52 | Innovasjonsaktivitet m.m. | 5 134 | 5 246 | |
53 | Omstillingsmidlar instituttsektoren mv. | 3 470 | 3 545 | 3 545 |
54 | Næringsretta matforsking mv. | 150 000 | ||
70 | Innovasjonsaktivitet mv., kan overførast | 10 073 | ||
Sum kap. 1137 | 449 699 | 448 049 | 610 218 |
Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd
Formål med løyvinga
Løyvinga skal bidra til at hovudmåla på landbruks- og matområdet, inkludert dei forskingspolitiske delmåla blir nådde. Løyvinga omfattar forskingsaktivitet i regi av Noregs forskingsråd.
Rapportering 2015
Målretta bruk av midlar til forsking og innovasjon
Forskingsløyvingar over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett har i hovudsak blitt disponert gjennom Forskingsrådet sitt program Berekraftig verdiskaping i mat- og biobaserte næringar – BIONÆR. Programmet finansierer både grunnleggjande og næringsretta forsking innanfor satsingsområdet bioøkonomi med hovudvekt på jordbruk, skogbruk og andre naturbaserte verdikjeder. BIONÆR skal utløyse forsking og innovasjon som fremjar Noreg som eit meir biobasert samfunn. Ved å finansiere langsiktige kunnskaps- og kompetansebyggjande forskingsprosjekt bidreg programmet til å byggje kompetanse av stor samfunnsverdi på tverrfaglege område. Departementet har også bidrege med forskingsløyvingar til programma ENERGIX, KLIMAFORSK og Miljø 2015 (MILJØFORSK frå 2016), som følgjer opp ulike prioriterte område.
Forskingsrådet har i 2015 følgt opp føringar i tildelingsbrevet innan områda mattryggleik, antibiotikaresistens og kastrering av hanngris gjennom særskilde utlysingar av midlar. Utlysingane har resultert i løyving av to forskarprosjekt på til saman 12,5 mill. kroner innan mattryggleik og antibiotikaresistens, og eit innovasjonsprosjekt kalla Rånar til marknaden – løysingar for produksjon, produktkvalitet og markørar for rånelukt. Forskingsrådet har også følgt opp departementet si satsing retta mot dei landbruksfaglege miljøa ved Høgskolen i Nord-Trøndelag og Høgskolen i Hedmark. Satsinga, som starta i 2013, omfattar tre doktorgradskandidatar, og har eit samla omfang på 7 mill. kroner. I tillegg kjem bidrag frå lokalt næringsliv og forvaltning.
I 2015 var det 176 aktive forskingsprosjekt i BIONÆR-programmet innan tema som planteproduksjon, husdyrbruk og næringsmiddelindustri, med eit samla forbruk på 261 mill. kroner over Landbruks- og matdepartementets løyvingar. Mange av prosjekta har element av klimaforsking i seg.
BIONÆR har prioritert forskingsprosjekt innan matsikkerheit, mattryggleik, antibiotikaresistens, dyrevelferd og bioøkonomi. Det blei innvilga fem nye, store forskarprosjekt i BIONÆR innan tema som matproduksjon, moderne trebyggjeri, reiseliv og omsorgstenester. BIONÆR deltok også i ei fellesutlysing med andre program innanfor kystarealforsking der det blei innvilga fem forskarprosjekt.
I alt 14 nye innovasjonsprosjekt retta mot prosessutvikling, teknologisk innovasjon, betre og tryggare mat og kvalitet i matproduksjonen blei starta opp i 2015. BIONÆR støtta i tillegg eit innovasjonsprosjekt i samarbeid med NANO 2021 innanfor bruk av nanoteknologi i biobaserte næringar, og to forskarprosjekt innan antibiotikaresistens leia av SINTEF Materialer og kjemi og Veterinærinstituttet (VI).
Løyvingane over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett blei i 2015 også nytta til ei felles utlysing om innovasjonsprosjekt i næringslivet, i samarbeid med Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Fondet for forskingsmidlar over jorbruksavtalen.
I 2015 blei det innvilga eit stort forskarprosjekt leia av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), BioFresh, som skal auke produksjonen og forbruket av ferske grønsaker i Noreg. Det er også starta opp prosjekt på antibiotikaresistens, kamp mot matbårne virus, og fleire prosjekt retta mot å sikre betre utnytting av råstoff og restråstoff i matproduksjonen. Med mål om betre dyrevelferd er det i 2015 innvilga eit innovasjonsprosjekt som skal vurdere alternativ til kirurgisk kastrering av hanngris.
Løyvingar over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett er også i 2015 nytta til forsking for å styrkje skogen sitt bidrag til verdiskaping i heile landet og for å nå energi-, klima- og miljømåla. Viktige innsatsområde er auka bruk av trevirke, energiproduksjon basert på tre og aktiv utnytting av skogen i nærings- og klimasamanheng. BIONÆR har i hovudsak hatt forskingsprosjekt på desse områda, men KLIMAFORSK og Miljø 2015 har også hatt viktige bidragsprosjekt. Forskingsprosjekt innan temaet berekraftig skogproduksjon og auka trebruk utgjorde i BIONÆR 47 mill. kroner av løyvinga frå Landbruks- og matdepartementet i 2015. Mellom anna har fleire prosjekt arbeidd med å løyse utfordringane knytt til effektive og betre logistikkløysingar og infrastruktur i skogbruket. Gode resultat knytt til ressursregistreringar og driftsløysingar i ulikt terreng er realisert.
I 2015 starta innovasjonsprosjektet HyperBio med mål om at ny teknologi skal redusere kostnader og auke presisjonen ved kartlegging av skog. Fleire tverrfaglege prosjekt er mellom anna knytt til berekraftig skogbruk, skog til bioenergiformål, og avvegingar av økonomisk og sosial art i samband med dette og bruk av tre i byggesektoren (bruer og hus). To store forskarprosjekt starta opp i 2015, eitt prosjekt med mål å nytte trevirke som husdyrfôr, og eitt for å finne fram til vernetiltak for trevirke brukt i konstruksjonar og kledningar. I 2015 blei det også innvilga to innovasjonsprosjekt som skal utvikle biogass/drivstoff frå bioslam i papirindustrien, i tillegg til to andre prosjekt innanfor biodrivstoff til SINTEF og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).
I 2015 er det starta opp tre prosjekt på klimatenester, to prosjekt på effektar av skogbruk på biologisk mangfald og eitt prosjekt som skal studere korleis endringar i arealbruk og klima verkar inn på førekomst av flåttbårne sjukdommar.
Ein vesentleg del av løyvinga over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett er retta mot forskingsinnsats for å redusere utslepp til luft og vatn og å auke opptaket av CO2 i skog og jord. Den samla forskingsinnsatsen på desse områda har i 2015 vore på 38,7 mill. kroner. Den største delen går til området bioenergi og blir forvalta av ENERGIX som er Forskingsrådets store program innan miljøvennleg energi. ENERGIX dekkjer alle områda til Landbruks- og matdepartementet innanfor bioenergi; biovarme, avfall til biogass og biodrivstoff. Produksjon av fornybar energi er eit næringstungt område, og innovasjonsprosjekt dominerer porteføljen.
Løyvinga til KLIMAFORSK over departementets budsjett var i 2015 på 7 mill. kroner og retta mot prosjekt som skal auke kunnskapen om tilpassing av landbruket til eit endra klima og mot kunnskap om korleis utslepp av klimagassar frå landbruket kan reduserast.
Ein stor del av løyvinga til Forskingsrådet over Landbruks- og matdepartementets budsjett går til forsking for å auke innovasjonsgraden og konkurranseevna innan næringane i landbrukssektoren. Tematisk innretta program som BIONÆR og Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI-ordninga) har vore viktige verkemiddel for å mobilisere næringslivet til å investere meir i FoU. Den brukarstyrte forskinga løyser også ut betydelege private midlar til forsking. For 2015 viser tal frå Forskingsrådet høg aktivitet og evne til å implementere forskingsresultata i praksis, gjennom nye produkt, prosessar, tenester, bedriftsetableringar og liknande som er eit resultat av innovasjonsprosjekta. Forskingsinnsats frå næringslivet på departementet sine område er nærare omtalt i del III.
Løyvinga er vidare nytta til målretta arbeid med å få forsking høgare opp på dagsorden i regionane gjennom VRI-satsingar på grøn næring i sju regionar som har mat, landbruk og bioenergi som innsatsområde. Næringsretta prosjekt innan landbruk og næringsmiddelindustri treff også godt i SkatteFUNN. I 2015 blei det registrert 42 aktive prosjekt innan skog- og tresektoren, og 428 prosjekt innan jordbruk og mat. Det siste representerer ein auke på 121 prosjekt frå 2014.
Løyvingar over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett gjorde det mogleg for norske FoU-miljø å delta i konkurranse om internasjonale forskingsmidlar innan mange European Research Area Net (ERA-NET), som er eit samarbeid mellom ulike forskingsprogram i Europa. Norske miljø deltek her på så vidt ulike område som økologisk landbruk, dyrehelse og -velferd, matproduksjon og forbruk og foredling og bruk av tre som råvare. Ved utgangen av 2015 hadde BIONÆR 19 ulike ERA-Net-prosjekt relevante for landbruks- og matpolitiske prioriteringar. På landbruks- og matområdet er Fellesprogrammet (JPI) Agriculture, Food Security and Climate Change (FACCE) vidareført.
Norsk matforsking er også representert i internasjonalt samarbeid gjennom nordisk samarbeid og bilaterale forskingsprosjekt. Forskingsrådet og Landbruks- og matdepartementet deltek i arbeidet i The European Agricultural Research (EURAGRI) og i Standing Committee for Agricultural Research (SCAR).
Kunnskap og kompetanse er tilgjengeleg for næring og forvaltning
Dei handlings- og næringsretta programma til Forskingsrådet er retta mot kunnskapsbehov i sektoren og i forvaltninga. Forskingsprogramma BIONÆR, Miljø 2015 (MILJØFORSK frå 2016), KLIMAFORSK og ENERGIX er viktige verkemiddel for kunnskapsutviklinga for forvaltninga, og for å nå målet om høg kvalitet og relevans i forskinga. I tillegg til porteføljen av samfunnsfaglege prosjekt på rammevilkår og næringspolitikk, har det dei siste åra blitt lagt vekt på at samfunnsfaglege problemstillingar må integrerast i prosjekt der dette er relevant.
Forskingsrådet gjer ein aktiv innsats for å auke kvalitet og relevans i forskinga. Innsatsen skjer mellom anna gjennom forsking på nasjonalt prioriterte område, forskingsbasert innovasjon, forsking i næringslivet, forsking i tråd med kunnskapsbehov i sektoren og forvaltninga, i tillegg til internasjonalt forskingssamarbeid.
Det er eit nært samarbeid mellom Forskingsrådet, Fondet på forskingsavgift på landbruksprodukt og Fondet for forskingsmidlar over jordbruksavtalen. Formålet med samarbeidet er å bidra til ei heilskapleg forvaltning av dei samla forskingsmidlane innan landbrukssektoren. Gjennom Fondet på forskingsavgift på landbruksprodukt og Fondet for forskingsmidlar over jordbruksavtalen blir det i hovudsak finansiert open forsking til nytte for aktørane i bransjen.
God og tilpassa forskingsformidling er viktig for at resultata frå forskinga kan takast i bruk både av primærprodusentane og resten av ledda i verdikjeda. Formidling er i stor grad integrert i forskingsaktivitetane og programverksemda. Gjennom VRI-programmet blir det samarbeidd med regionale partnarskap, FoU-miljø og andre relevante utviklingsaktørar for å stimulere til læring, innovasjon og verdiskaping i verksemder med liten FoU-erfaring. Norsk Landbruksrådgiving er eit bindeledd mellom forskinga og landbruket og har ei viktig rolle i å formidle kunnskap til næringsutøvarane. Forskingskommunikasjonen omfattar tiltak for å fremje dialog mellom forsking og samfunn og for å bidra til at forsking blir brukt i politikk, forvaltning og næringsutvikling. Gjennom forskingsprogramma blir det arbeidd målretta med nyheiter om forskingsresultat gjennom heile året. Programma gir også viktige bidrag til formidling av ny kunnskap mellom anna gjennom konferansar, utlysing av konferansestøtte, og stipendiatsamlingar.
Budsjettframlegg 2017
Frå 2015 blei det etablert nye mål for Noregs forskingsråd. Sjå Prop. 1 S (2016–2017) frå Kunnskapsdepartementet for ei nærare omtale av desse måla.
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 261,323 mill. kroner over kap. 1137, post 50 i 2017. Løyvinga følgjer dei fire landbruks- og matpolitiske hovudmåla – matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk – og dei tre delmåla på forsking, omtalt i kat. 15.20.
Forsking, innovasjon og teknologiutvikling skal vidareutvikle biobasert næringsliv i Noreg og leggje grunnlaget for ny og innovativ bruk av biomasse. Ny kunnskap og tett kopling mellom forsking og næringsliv kan bidra til eit meir lønsamt og klimavennleg landbruk. Ei heilskapleg tilnærming til bioøkonomi skal bidra til å løyse to av dei viktigaste samfunnsutfordringane; i) nok og trygg mat til ei voksande befolkning og ii) redusere utsleppa av klimagassar gjennom bruk av fornybare råvarer til materiale og energi. For å følgje opp regjeringa sin bioøkonomistrategi vil departementet styrkje forskingsinnsatsen på bioøkonomiområdet med 20 mill. kroner. Satsinga skal bidra til auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av etablerte næringar, sektorar og fagområde, jf. omtale av regjeringa si samla satsing på bioøkonomien i innleiinga.
For regjeringa er det viktig å prioritere forsking som bidreg til nok og trygg mat, og under dette god plante- og dyrehelse og dyrevelferd. Noreg er i dag i ein god situasjon med omsyn til mattryggleik, som følgje av mellom anna god dyrehelse og Europas lågaste antibiotikumforbruk i husdyrproduksjonen. Landbruks- og matdepartementet vil også i 2017 leggje vekt på forsking innan dyrehelse og mattryggleik, medrekna antibiotikaresistens. Det er difor lagt opp til å auke forskinga på antibiotikaresistens ved å styrkje basisløyvinga til Veterinærinsituttet med 3 mill. kroner, jf. post 51.
Departementet vil vidareføre forsking på områda betre agronomi, auka lønsemd og auka matproduksjon. Samstundes skal det takast naudsynte omsyn til natur og miljø. Samarbeid på tvers av ulike fagområde vil vere særskilt viktig for å sikre sistnemnde.
Auka kunnskap kring alt frå grunnleggjande agronomi til bruk av bioteknologi i sortsutvikling og avlsarbeid vil danne grunnlag for ein meir ressurseffektiv, berekraftig og lønsam matproduksjon. Klimaendringane med høgare temperaturar og meir ekstremvêr vil skape utfordringar, som til dømes auka førekomst av planteskadegjerarar og problem med innhausting. Samstundes gir endringane også nye moglegheiter for det norske landbruket. Forskinga skal bidra til å tilpasse produksjonen etter dagens vêrforhold og synleggjere moglegheiter for auka lønsemd i norsk landbruk innanfor eit endra klima.
Som for andre sektorar, har også landbruket eit ansvar for å bidra til reduserte klimagassutslepp. Arbeidsgrupperapporten Landbruk og klimaendringer frå 2016 peikar på at klimautfordringane i landbrukssektoren er komplekse og at dei set krav til ny kunnskap. Arbeidsgruppa viser til at den raske utviklinga der ny forsking, teknologi og kunnskap takast i bruk, er blant dei viktigaste tiltaka for å redusere klimabelastninga frå landbruket.
Forsking på klima og miljø er viktig for regjeringa. Departementet vil difor satse på bioøkonomi og vidareføre forskingsinnsatsen på områda berekraftig skogbruk og auka bruk av trevirke. Etter fleire års satsingar innanfor forskingsprogrammet ENERGIX legg departementet opp til at løyvinga til dette programmet blir redusert med 13,5 mill. kroner i 2017.
Det er viktig at landbruks- og matforskinga bidreg til auka innovasjon og konkurransekraft innanfor dei mange næringane i landbruket. I dette arbeidet står den brukarstyrte forskinga og satsinga innanfor bioøkonomi sentralt. Det er ei målsetjing å auke kommersialiseringa av forskingsresultat. For å oppnå kommersialisering er det viktig at Innovasjon Noreg, forskingsinstitutta, Selskapet for industrivekst (Siva) og Forskingsrådet samarbeider om å auke innovasjonsgraden i sektoren. Departementet vil vidareføre arbeidet med tilrettelegging for auka samarbeid mellom dei landbruksfaglege institutta og andre kunnskapsmiljø på Campus Ås. Samarbeid er viktig for å styrkje kommersialisering av kunnskap frå forsking. Støtta til programmet Verkemiddel for regional FoU og innovasjon (VRI) i Noregs forskingsråd blir vidareført i 2017.
Departementet vil arbeide for auka internasjonalisering av landbruks- og matforskinga. Noregs forskingsråd skal sikre at dei nasjonale forskingsprogramma vidareutviklar sitt strategiske, tematiske og finansielle samspel med EU-forskinga, inkludert Horisont 2020. Aktiviteten innanfor fellesprogrammet JPI FACCE (Agriculture, Food Security and Climate Change) skal vidareførast. I tråd med regjeringa si satsing på Horisont 2020 skal dei landbruks- og matfaglege forskingsinstitutta følgje opp eigne strategiar for EU-satsing.
Nordisk komité for jordbruks- og matforsking skal støtte opp under forskings- og innovasjonssystema i dei nordiske landa og vere ei felles plattform for nordiske initiativ internasjonalt. Det nordiske skogforskingssamarbeidet i SNS – Samnordisk Skogforskning – arbeider på same vis. Departementet vil også i 2017 vidareføre det nordiske samarbeidet.
Offentlege og private aktørar står i stor grad overfor dei same kunnskapsutfordringane innanfor område som nok og trygg mat, betre ressursutnytting og auka verdiskaping og sysselsetjing i landbruks- og matnæringane. Det er difor naudsynt med god dialog mellom næring og forvaltning om forskingsprioriteringane. Siktemålet er at felles kunnskapsbehov skal sjåast i samanheng, og at ressursane til forsking skal utnyttast effektivt. Eit aktivt samarbeid med Fondet for forskningsavgift på landbruksprodukt og Fondet for forskningsmidlar over jordbruksavtalen, jf. kap. 1137, post 54 og kap. 1150, post 50, er naudsynt for å oppnå dette. Løyvingar til forsking over departementet sitt budsjett må også sjåast i samband med dei ulike innovasjonsverkemidla i sektoren. Det er behov for både brukarstyrt forsking og forsking for forvaltning på landbruks- og matområdet.
Forsking er viktig for å støtte opp under forvaltninga sitt behov for kunnskap, og som ledd i utvikling av dei mange verdikjedene til landbruket. Sentralt står departementet sitt ansvar for å sikre nok og trygg mat. Andre område der forsking dannar eit viktig grunnlag er dyre- og plantehelse, dyrevelferd, næringsretta skogbruk, miljøomsyn og ressursforvaltning, genetiske ressursar, verknad av økonomisk støtte til sektoren m.m. Vidare vil samfunnsvitskapleg forsking bidra med kunnskap om landbruket si rolle, fremje lokal og regional utvikling og gi kunnskap om korleis ulike drivkrefter påverkar utviklinga i landbruket.
Forskingsprosjekta må følgjast opp med målretta formidling slik at ny kunnskap på ein rask og effektiv måte når ut til aktørane som kan ha nytte av den. Formidlinga skal vere tilpassa både spesifikke brukargrupper og allmenta, og framstilt slik at den kan bli forstått og raskt teken i bruk.
Løyvinga blir også nytta til å finansiere delar av administrasjonsutgiftene i Noregs forskingsråd knytt til ordningane. For nærare omtale av finansiering av administrasjonsutgiftene i Forskingsrådet blir det vist til Kunnskapsdepartementets budsjettproposisjon, kap. 285 post 55.
Post 51 Basisløyvingar m.m., Noregs forskingsråd
Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet er ansvarlege for basisløyvingane til primærnæringsarenaen. Arenaen omfattar frå 1. juli 2015 Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Nofima, Veterinærinstituttet, SINTEF Fiskeri og havbruk og Norsk senter for bygdeforskning (Bygdeforskning).
Forskingsrådet har ansvar for tildeling av basisløyvingane til forskingsinstitutta under Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde: Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), Norsk senter for bygdeforskning (Bygdeforskning) og Veterinærinstituttet. I tillegg får Nofima AS strategiske midlar frå basisløyvinga til Landbruks- og matdepartementet.
Dei underliggjande forvaltningsorgana Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og Veterinærinstituttet (VI) blir omtalt nærare i kap. 1136 post 50 og kap. 1112 post 50. Bygdeforskning er ein frittståande nasjonal forskingsstiftelse som bidreg med samfunnsvitskapleg forsking innanfor bygdesosiologi og fleirfaglege bygdestudiar. Nofima er eit av Europas største næringsretta institutt med forskingskompetanse innanfor heile verdikjeda for utvikling av mat- og næringsmiddelproduksjon innan grøn og blå sektor (sjå kap. 928 post 72 i Prop. 1 S Nærings- og fiskeridepartementet).
Formål med løyvinga
Formålet med basisløyving er å sikre ein sterk instituttsektor som kan tilby brukarretta forsking av høg internasjonal kvalitet til næringslivet og forvaltninga på landbruks- og matområda. Løyvingane skal nyttast til langsiktig kunnskaps- og kompetansebygging, stimulere til høg vitskapleg kvalitet, internasjonalisering og samarbeid, og skal nyttast i tråd med retningslinene for statleg basisløyving av forskingsinstitutt.
Rapportering 2015
Primærnæringsarenaen omfatta fram til og med 30. juni 2015 dei sju institutta Nofima, Veterinærinstituttet, Bioforsk, SINTEF Fiskeri og havbruk, Norsk institutt for skog og landskap, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking, og Bygdeforskning. Frå 1.7.2015 blei Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking slått saman til NIBIO. For omtale av Landbruks- og matdepartementets delmål 3 Ein effektiv instituttsektor i samspill med andre, sjå Del III i denne fagproposisjonen.
Samla blei det tildelt 277 mill. kroner i samla basisløyving til primærnæringsinstitutta i 2015 (unnateke den strategiske matsatsinga). Av desse blei 170 mill. kroner gitt over budsjettet til Landbruks- og matdepartementet og 107 mill. kroner over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet. Strategiske midlar til NIBIO frå Klima- og miljødepartementet kjem i tillegg.
Tabell 2.1 Økonomiske nøkkeltal for landbruks- og matforskingsinstitutta for 2015
Driftsinntekter | Driftsresultat | Basisløyving | Basis disponert til strategiske instituttsatsingar | Basisløyving per forskarårsverk | Basisløyving i pst. av drifts-inntektene | |
---|---|---|---|---|---|---|
Mill. kr. | Mill. kr. | Mill. kr. | Mill. kr. | Mill. kr. | Pst. | |
NIBIO1 | 703,1 | -3,5 | 121,5 | 30,9 | 0,374 | 17 |
Veterinærinstituttet | 351,2 | 9,0 | 21,4 | 7,1 | 0,163 | 6 |
Bygdeforskning | 35,8 | 0,2 | 8,4 | 2,3 | 0,433 | 23 |
Sum | 1 090,1 | 5,7 | 151,3 | 40,3 | 0,319 | 14 |
1 Samanslåing av Bioforsk, NILF og Norsk institutt for skog og landskap 1. juli 2015
Kjelde: Tal frå Forskingsrådet. Årsrapport 2015 Primærnæringsinstitutta
Basisløyvinga utgjer i gjennomsnitt 14 pst. av inntektene til institutta. For Veterinærinstituttet utgjer ho ein mindre del enn for dei andre institutta. Institutta disponerer samla sett største delen av basisløyvinga til strategiske instituttsatsingar og nettverksbygging, men også til forprosjekt/idéutvikling, publisering og eigendel i forskingsprosjekt.
Tabell 2.2 Oversikt over personale og publisering ved landbruks- og matforskingsinstitutta for 2015
Samla årsverk | Forskarårsverk som del av samla årsverk | Tilsette med dr. grad. per forskarårsverk | Publikasjonspoeng per forskarårsverk1 | |
---|---|---|---|---|
Pst. | Forh. tal | Forh. tal | ||
NIBIO | 639 | 51 | 0,76 | 0,75 |
Veterinærinstituttet | 282 | 46 | 1,02 | 0,83 |
Bygdeforskning | 24 | 80 | 1,03 | 1,68 |
Sum | 945 | 50 | 0,84 | 0,81 |
1 Ny modell for å rekne ut publikasjonspoeng gjeld frå 2015. Poenga er difor ikkje samanliknbare med tidlegare år.
Dei tre landbruks- og matforskingsinstitutta har til saman 23 færre årsverk i 2015 enn i 2014. Årsaka er mellom anna gjennomførte kostnadsreduserande tiltak i nokre av institutta. Talet forskarårsverk har hatt ein nedgang frå 480 i 2014 til 475 i 2015. Talet på tilsette med doktorgrad var 400.
NIBIO
Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) blei etablert 1. juli 2015 gjennom ei samanslåing av Bioforsk, NILF og Skog og landskap. NIBIO har overteke dei faglege oppgåvene som dei tre tidlegare institutta handterte.
Arbeidet med å førebu og setje i verk fusjonen mellom dei tre instittuta har kravd vesentleg merksemd og innsats i heile 2015, og NIBIO hadde eit driftsunderskott på 3,5 mill. kroner i 2015.
Instituttet har nytta 121,5 mill. kroner i basisløyving frå Noregs forskingsråd, noko som utgjer 17 pst. av driftsinntektene. NIBIO disponerte 30,9 mill. kroner til eigendefinerte strategiske instituttsatsingar.
Talet på årsverk i 2015 var 639, av dei 325 forskarar. Instituttet produserte 284 artiklar i vitskaplege tidsskrift og antologiar fjor og oppnådde 0,75 publikasjonspoeng per forskarårsverk.
Veterinærinstituttet
I 2015 hadde Veterinærinstituttet eit driftsoverskott på 9,0 mill. kroner, mot eit underskott på 18,4 mill. kroner i 2014.
Instituttet nytta ei basisfinansiering på 21,4 mill. kroner frå Forskingsrådet. Veterinærinstituttet disponerte 7,1 mill. kroner til eigendefinerte strategiske instituttsatsingar. Basisløyvinga utgjorde 6 pst. av driftsinntektene til instituttet, det lågaste talet på arenaen.
Instituttet hadde 282 årsverk i 2015, mot 296 året før. Forskarar utgjorde 131 årsverk. Veterinærinstituttet produserte 100 vitskaplege artiklar i 2015, og oppnådde 0,83 publikasjonspoeng per forskarårsverk.
Bygdeforskning
Bygdeforskning hadde eit driftsoverskott på 0,2 mill. kroner i 2015, mot eit driftsunderskott på 0,3 mill. kroner i 2014. Instituttet har nytta 8,4 mill. kroner i basisløyving frå Forskingsrådet, noko som utgjer 23 pst. av driftsinntektene. Bygdeforskning disponerte 2,3 mill. kroner til eigendefinerte strategiske instituttsatsingar.
I 2015 var det 24 årsverk i Bygdeforskning, der 19 av årsverka var forskarar. Den vitskaplege produksjonen resulterte i 30 artiklar i tidsskrift og antologiar. Bygdeforskning oppnådde 1,68 publikasjonspoeng per forskarårsverk. Dette var det høgaste resultatet på arenaen.
Budsjettframlegg 2017
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei samla løyving på 185,277 mill. kroner til basisløyvingar til forskingsinstitutt.
Basisløyvinga blir fordelt på primærnæringsarenaen i tråd med formålet slik det går fram av retningslinene og Kunnskapsdepartementets Prop. 1 S (2014–2015). Det betyr at alle dei tre institutta er med i konkurransen om den resultatbaserte omfordelinga av løyvinga. Den statlege basisfinansieringa av forskingsinstitutta er samansett av ei grunnløyving og strategiske løyvingar. Av grunnløyvingsramma går 2,5 pst. til resultatbasert omfordeling mellom primærnæringsinstitutta. Ordninga med strategisk instituttsatsingar blir vidareført med eit tak på 30 pst.
Regjeringa vil følgje opp den nasjonale handlingsplanen mot antibiotikaresistens og legg difor opp til å styrkje forskinga innan antibiotikaresistens på Veterinærinstituttet med 3 mill. kroner innanfor basisløyvinga. Samstundes vil tildelinga til Veterinærinstituttet bli auka med 2 mill. kroner, jamfør kap. 1112 post 50.
Post 52 Innovasjonsaktivitet m.m.
Formål med løyvinga
Løyvinga skal støtte opp under eit sterkare og meir framtidsretta landbruk over heile landet. Satsinga skal bidra til vekst og konkurransekraft i nyetablerte verksemder gjennom inkubatortenester til vekstbedrifter i ein tidleg fase. Inkubatorane tilbyr fagleg rådgiving, forretningsutvikling og tilgang til naudsynt kompetanse, nettverk og lokale. Tilboda må tilpassast dei behova verksemdene har for individuell oppfølging og skje i eit miljø med høg kompetanse innanfor innovasjon og næringsutvikling.
Rapportering 2015
Løyvinga har gått til satsing på fire inkubatorar i regi av Selskapet for industrivekst SF (Siva). Midlane bidreg til utvikling av strategisk viktige innovasjonsselskap, som igjen er viktige for utviklinga av næringslivet i framtida. Dei fire inkubatorana har innsats retta mot landbruksbasert inkubasjon og er sterke miljø med stort potensial. Til saman har det vore 26 verksemder i dei fire inkubatorane i 2015.
Validé AS (tidlegare Ipark AS) i Stavanger har motteke 0,5 mill. kroner og har hatt 11 verksemder. Miljøet arbeider med inkubasjon innan fem sektorar, der området mat og natur har eigen inkubatorleiar. Nedslagsfeltet for inkubatoren er det meste av Rogaland. Validé AS har nært samarbeid med NCE Culinology og Måltidets hus. Inkubatoren leverer gode resultat, med mange spanande verksemder innan landbruks- og matområdet.
Hedmark Kunnskapspark på Hamar har motteke 0,5 mill. kroner og har hatt 4 verksemder. Miljøet har lang røynsle med inkubasjon innan mellom anna jordbruk og skogbruk. Med inkubatoren, innovasjonssenteret Biosmia og Arenaprosjektet Heidner er det samla sett etablert eit godt system for innovasjon og nyskaping i fylket.
Proneo AS i Verdal har motteke 0,5 mill. kroner og har hatt 6 verksemder i 2015. Miljøet arbeider i fleire kommunar i Nord-Trøndelag, med forgreiningar inn i Sør-Trøndelag. Innsatsen er retta mot lokal matproduksjon, gjerne med mindre verksemder med regionale og nasjonale marknadsambisjonar. Inkubatoren leverer gode resultat og har eit potensial for å arbeide med verksemder med større marknadsmoglegheiter.
Inkubator Ås har motteke 1,5 mill. kroner og hatt 5 verksemder. Inkubatoren blei etablert i oktober 2014 og arbeider tett med Kjeller Innovasjon. Det blir arbeidd med kommersialisering av idear innan bioøkonomi i samarbeid med FoU-miljøa på Ås og med relevant næringsliv for å bidra til auka knoppskyting.
Budsjettframlegg 2017
Departementet legg opp til at løyvinga over posten blir flytta til kap. 1137, ny post 70, innovasjonsaktivitet m.v.
Post 53 Omstillingsmidlar instituttsektoren mv.
Formål med løyvinga
Løyvinga skal bidra til omstilling i instituttsektoren i landbruket i retning av meir faglege og økonomisk solide institutt. I første rekkje skal løyvinga bidra til å realisere regjeringa sitt formål med oppretting av Norsk institutt for bioøkonomi og til å dekkje delar av kostnadene til Veterinærinstituttet i samband med flyttinga til Ås.
Rapportering 2015
I 2015 blei det løyvd 2,47 mill. kroner frå posten til arbeid i interimsstyret med å førebu etablering av NIBIO som eit styringsdyktig institutt 1. juli same år. Vidare blei 1 mill. kroner løyvd til å dekkje delar av kostnadene knytt til planlegging av nytt bygg og organisasjonsutviklingsprosessar for Veterinærinstituttet i samband med den vedtekne flyttinga til Ås. Det er også løyvd 1 mill. kroner til å støtte opp under overføring av verksemd frå NIBIO til stiftinga NORSØK. Overtakinga skjedde 1. januar 2016.
Budsjettframlegg 2017
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 3,545 mill. kroner. Løyvinga skal gå til å vidareutvikle NIBIO som eit sterkt og effektivt forskingsinstitutt. Ei viktig oppgåve er å samarbeide med Statsbygg om å utgreie samlokalisering av instituttets tilsette på Ås. Vidare kan løyvinga bidra til å førebu flytting av Veterinærinstituttet til Ås.
Post 54 Næringsretta matforsking mv.
Formål med løyvinga
Ordninga har bakgrunn i Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, som blei oppretta i medhald av lov av 26. juni 1970 om forskingsavgift på visse landbruksprodukt. I tråd med lova er formålet å sikre økonomisk grunnlag for forsking på landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og fôrkorn til husdyr. Løyvinga skal gå til matforskingsinstituttet Nofima AS, som er eit næringsretta institutt med forskingskompetanse innanfor heile verdikjeda for utvikling av mat- og næringsmiddelproduksjon innan grøn og blå sektor. I tillegg skal løyvinga gå til næringsrelevante forskingsprosjekt etter ope utlysing og konkurranse.
Frå og med 2017 er midlane tekne inn i statsbudsjettet. Midlane blir krevd inn gjennom ei avgift på importerte og norskproduserte landbruksprodukt. Løyvinga skal forvaltast av eit styre oppnemnd av departementet. Styret er samansett av seks representantar frå aktørar i ulike delar av matkjeda, i tillegg til styreleiar som representerer departementet. Landbruksdirektoratet er sekretariat for fondet, og det er sett av administrative kostnader til dette formålet innanfor løyvinga. Styret disponerer midlane innanfor budsjett fastsett av departementet.
Løyvinga blir motsvara av inntekter frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, jf. kap. 5576, post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt.
Budsjettframlegg 2017
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei samla løyving på 150 mill. kroner på posten. Det vil vere usikkerheit knytt til inntektene frå forskingsavgifta på landbruksprodukt og til forbruk det enkelte året. Departementet legg difor opp til ei meirinntektsfullmakt mellom 1137.54 og 5576.70, jf. framlegg til vedtak II.
Post 70 Innovasjonsaktivitet mv.
Formål med løyvinga
Løyvinga skal fremje auka innovsjonsaktivitet og støtte oppunder eit sterkare og meir framtidsretta landbruk. Ei viktig målsetjing med løyvinga er å bidra til framveksten av eit lønsamt biobasert næringsliv. Løyvinga skal og fremje kommersialisering av kunnskap frå forsking i landbruks- og matsektoren og bidra til auka knoppskyting frå eksisterande næringsliv.
Regjeringa ser eit stort potensial i å stimulere til vidareutvikling av produksjonsprosessar og ny næringsverksemd med utgangspunkt i fornybar biomasse frå primærnæringane. Løyvinga skal leggje grunnlag for auka verdiskaping i biobaserte næringar gjennom ei marknadsorientert og berekraftig utnytting av bioressursane på tvers av sektorar og næringar.
Vidare skal løyvinga bidra til vekst og konkurransekraft hos nyetablerte verksemder gjennom inkubatortenester til vekstbedrifter i ein tidleg fase. Inkubatorane tilbyr fagleg rådgiving, forretningsutvikling og tilgang til naudsynt kompetanse, nettverk og lokale. Tilboda må tilpassast dei behova verksemdene har for individuell oppfølging og skje i eit miljø med høg kompetanse på innovasjon og næringsutvikling.
Bioteknologimiljøa i Hamarregionen dannar ei viktig kunnskapsklynge for norsk landbruk og vidareutvikling av bioøkonomien. Løyvinga over posten er også retta mot marknadsdriven bioinnovasjon, og skal leggje til rette for å etablere nye arbeidsplassar og vekst innan bioøkonomien.
Løyvingane skal bidra til at fleire norske bedrifter kan ta marknadsposisjonar innan avansert foredling av fornybare biologiske ressursar.
Rapportering 2015
For rapportering på innovasjonsaktivitet m.m., sjå kap. 1137, post 52.
For rapportering på tiltak for industriell bruk av biomasse, sjå kap. 1149, post 74.
For rapportering på tilskott til Biosmia, sjå Prop. 1 S (2016–2017) frå Kunnskapsdepartementet.
Budsjettframlegg 2017
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 10,073 mill. kroner for å fremje auka innovasjonsaktivitet og støtte opp under eit sterkare og meir framtidsretta landbruk.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 5,293 mill. kroner til satsing på inkubatorar i regi av Selskapet for industrivekst SF (Siva).
Det er lagt opp til at midlane som tidlegare har gått over kap. 1149, post 74 blir overførte til posten. Til dette formålet er det lagt opp til ei samla ramme på 2,780 mill. kroner for 2017. Det er også betydelege midlar overførte på posten som det er gitt tilsegn til, og det vil ikkje alltid vere slik at løyvingar kjem til utbetaling same året som dei blir løyvde. Departementet legg difor opp til ei tilsegnsfullmakt på posten på 6 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak IV.
Stortinget vedtok i revidert nasjonalbudsjett for 2015, jf. Innst. 360 S (2014–2015) å løyve midlar til Biosmia – Senter for marknadsdriven bioinnovasjon. Senteret er administrert av Kunnskapsparken Hedmark AS. Stortinget vidareførte løyvinga i 2016, jf. Prop. 1 S (2015–2016) frå Kunnskapsdepartementet og Innst. 12 S (2015–2016).
Midlane har vore løyvde over Kunnskapsdepartementets Kap. 260, post 50. Frå 2017 blir det gjort ei teknisk flytting av midlane til Landbruks- og matdepartementets kap. 1137, post 70.
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 2 mill. kroner til samarbeidet i den blå-grøne bioteknologiske næringsklynga på Hamar retta mot innovasjonssenteret Biosmia – Senter for marknadsdriven bioinnovasjon.
Programkategori 15.30 Næringsutvikling, ressursforvaltning og miljøtiltak
Utgifter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 | Pst. endr. 16/17 |
1138 | Støtte til organisasjonar m.m. | 29 366 | 38 800 | 35 760 | -7,8 |
1139 | Genressursar, miljø- og ressursregistreringar | 39 475 | 24 019 | 24 019 | 0,0 |
1141 | Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket | 63 751 | |||
1142 | Landbruksdirektoratet | 442 131 | 427 777 | 439 764 | 2,8 |
1144 | Regionale og lokale tiltak i landbruket | 9 505 | 4 118 | -100,0 | |
1148 | Naturskade – erstatningar | 151 191 | 188 728 | 169 000 | -10,5 |
1149 | Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket | 96 025 | 133 751 | 137 817 | 3,0 |
1150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 14 456 015 | 14 389 377 | 14 579 932 | 1,3 |
1151 | Til gjennomføring av reindriftsavtalen | 119 353 | 113 000 | 114 500 | 1,3 |
1161 | Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn | 23 851 | 24 371 | 24 371 | 0,0 |
Sum kategori 15.30 | 15 430 663 | 15 343 941 | 15 525 163 | 1,2 |
Inntekter under programkategori 15.30 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 | Pst. endr. 16/17 |
4142 | Landbruksdirektoratet | 56 352 | 40 569 | 41 496 | 2,3 |
4150 | Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. | 45 | |||
4162 | Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap | 34 074 | 10 000 | 25 000 | 150,0 |
5576 | Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet | 137 645 | 125 000 | 285 000 | 128,0 |
Sum kategori 15.30 | 228 117 | 175 569 | 351 496 | 100,2 |
Prioriteringar i 2016
Internasjonale prosessar
Regjeringa vil innanfor gitte landbrukspolitiske rammer arbeide for ein friare handel med landbruksvarer. Noreg forhandlar om marknadstilgang for landbruksvarer innanfor Verdas handelsorganisasjon (WTO), EØS-avtalen og EFTA-samarbeidet.
I WTO-forhandlingane var det i 2015 framgang i den breie forhandlingsrunden som starta opp på ministerkonferansen i Doha i 2001. På ministerkonferansen i Nairobi i desember 2015 blei medlemslanda mellom anna samde om å eliminere bruken av eksportsubsidiar med direkte verknad. Noreg, Canada og Sveits fekk eit unntak som gir moglegheit til å vidareføre eksportsubsidiar til ost, smør, svinekjøtt og foredla landbruksvarer fram til utgangen av 2020. Regjeringa ser det som viktig å få på plass ein ny multilateral avtale, og vil bidra aktivt gjennom ulike initiativ. Når det gjeld forpliktingane i den eksisterande WTO-avtalen og oppfølginga av ministererklæringa frå Nairobi, tilpassar regjeringa verkemiddelbruken i landbruket slik at Noreg held seg innanfor avgrensingane.
EØS-avtalen opnar for avtalar mellom Noreg og EU om handel med landbruksvarer. I februar 2015 starta forhandlingar om ein ny avtale om handel med landbruksvarer (artikkel 19 i EØS-avtalen). Regjeringa Stoltenberg II opna for slike forhandlingar på møtet i EØS-rådet hausten 2012. Siste artikkel 19-avtale blei sett i verk 1.1.2012. EFTA forhandlar i 2016 med ei rekkje land om å inngå handelsavtalar, mellom andre India, Malaysia, Indonesia og Vietnam. EFTA-forhandlingane omfattar handel med både uforedla og foredla landbruksvarer.
På klimaområdet blei det i Paris i 2015 forhandla fram ein ny global klimaavtale. Noreg skal forhandle med EU om å ein avtale om felles oppfylling av klimamåla for 2030. Regelverket for korleis ein skal inkludere skog og annan arealbruk, og fleksibiliteten rundt ikkje-kvotepliktig sektor blir ein del av dei vedtaka EU skal gjere i denne samanhengen. I Meld. St. 13 (2014–2015) Ny utslippsforpliktelse for 2030 – en felles løsning med EU blir det lagt til grunn at eit nytt klimaregime bør byggje på det positive klimabidraget frå skog både på kort og lang sikt, og slik gi insentiv til nye tiltak for auka opptak i og reduserte utslepp frå landsektoren.
I forhandlingane med EU om felles oppfylling av klimamåla, vil departementet særleg følgje arbeidet med fordeling av innsatsen i ikkje-kvotepliktig sektor som mellom anna omfattar jordbruk og regelverket for korleis ein skal rekne inn skog og annan arealbruk. Under klimakonferansen i Warszawa i november 2013, blei det teke eit viktig initiativ for å integrere jordbruk og matsikkerheit. Departementet vil halde fram med å engasjere seg i dette arbeidet, der ein i første omgang ser på tilpassing til eit endra klima og på effektiv produksjon av mat. Det er viktig å sikre eit godt samarbeid mellom FN sin klimaorganisasjon (UNFCCC), FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO), Verdsbanken og aktuelle samarbeidsland på dette området.
FAO sitt mandat globalt er matsikkerheit, mattryggleik, reduksjon av fattigdom og berekraftig bruk og forvaltning av naturressursar, inkludert land, vatn, luft og genetiske ressursar. Noreg legg i 2016 særleg vekt på FAO si oppfølging av klima og Parisavtalen, ein ny strategi for arbeid mot antibiotikaresistens innan One Health-rammeverket, oppfølging av berekraftsmåla og ei effektiv og resultatbasert styring av organisasjonen. I tillegg er standardsetjing for mattryggleik under Codex Alimentarius, plantetraktaten, fagkomiteane innan landbruk, skog og fiske i FAO og kommisjonen for genetiske ressursar også prioriterte område. FAO er vertskap for den globale alliansen for klimasmart landbruk, GACSA, som er etablert med eige sekretariat og arbeidsplanar.
Komiteen for matsikkerheit, CFS, er etablert som den mest inkluderande plattforma for arbeid med global matsikkerheit og ernæring. Komiteen held årlege møte i FAO med aktørar frå FN og andre utviklingsorganisasjonar, sivilt samfunn, privat sektor og forsking. Noreg er eit aktivt medlem og vektlegg arbeid med globale retningsliner og rammeverket for matsikkerheit. Ernæring er eit sentralt område.
Antibiotikaresistens er eit viktig område for internasjonalt samarbeid innan mat og helse, og er i 2016 tema for eit toppmøte under FNs generalforsamling. OECD har også trappa opp arbeidet sitt med antibiotikaresistens.
Noreg er eitt av dei første landa som i 2016 rapporterer på oppfølginga av dei universelle berekraftsmåla, som blei vedtekne av Generalforsamlinga i FN i september 2015. Berekraftsagendaen set ambisiøse mål for arbeidet med økonomisk, sosial og miljømessig utvikling dei neste 15 åra.
Departementet vil aktivt støtte opp om FAO sitt arbeid med berekraftig skogforvaltning. FAO har ei særleg viktig rolle i samarbeidet med land om kartlegging av og utviklinga i forvaltning av skogressursane. Departementet vil også ta aktivt del i arbeidet under FAO sin kommisjon for genetiske ressursar og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar for mat og landbruk. Dette inneber også vidareutvikling av det globale frølageret på Svalbard. Departementet arbeider spesielt for forbetringar av det multilaterale systemet for tilgang og fordelsdeling knytt til genressursar i plantetraktaten. Dette vil bidra til meir effektiv planteforedling og høgare matproduksjon både i Noreg og i andre land.
Det er behov for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FN sitt skogforum (UNFF) har ei rolle i å leggje premissar for berekraftig skogforvaltning globalt. I Europa samarbeider landa om berekraftig forvaltning av skog gjennom FOREST EUROPE, og Noreg vil delta aktivt i dette arbeidet.
Ministerrådet for fiskeri, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) arbeider for ein berekraftig og konkurransekraftig bruk av naturressursar, mellom anna dei genetiske ressursane. Det er eit mål at ein gjennom felles nordisk innsats skapar meirverdi, nordisk nytte, for dei enkelte nordiske landa og innbyggjarane deira. Det fireårige samarbeidsprogrammet utgjer saman med dei årlege formannskapsprogramma og overordna initiativ, handlingsrommet for samarbeidet. Nidarosdeklarasjonen som blei vedteken på ministermøtet i Trondheim 2012, sette fokus på bioøkonomi, og temaet har vore på dagsorden i MR-FJLS sidan 2014 då Island drog i gang dei treårige formannskapsprosjekta sine. Den finske formannskapen har i 2016 gjennomført prosjekt innanfor bioøkonomi og under den norske formannskapen i 2017 vil arbeidet innanfor bioøkonomi og grøn omstilling halde fram.
Matsikkerheit og landbruk over heile landet
Regjeringa vil stimulere til auka matproduksjon av omsyn til mellom anna norske forbrukarar og til beredskap. Verkemidla skal innrettast slik at dei bidreg til auka produksjon. Tilrettelegging for landbruk over heile landet krev framleis differensiering av verkemidla. Regjeringa vil sikre ein effektiv bruk av statlege overføringar, redusere kostnadsnivået og gi bonden nye og betre inntektsmoglegheiter. Det skal satsast på alternativ næringsutvikling for å gi grunnlag for ein framtidsretta landbruksproduksjon over heile landet.
Jordbruksoppgjeret
Verkemidla i jordbruksavtalen må utformast slik at den enkelte bonden finn rom for utvikling og auka matproduksjon. Regjeringa legg vekt på å gjennomføre tiltak som aukar moglegheitene for tilpassing på det enkelte bruket. Det lokale ressursgrunnlaget og kompetansen til bonden bør i større grad avgjere tilpassingane, ikkje offentlege avgrensingar og komplekse tilskottsordningar.
Regjeringa vil sikre landbruket føreseielege rammevilkår som kan bidra til at den samla lønsemda i næringa kan bli betre i åra som kjem. Utøvarane i landbruket skal kunne ha ei inntektsutvikling og sosiale vilkår på line med andre grupper. Gode inntektsmoglegheiter er ein føresetnad for auka matproduksjon og naudsynt for at næringa skal rekruttere kompetent arbeidskraft og at unge menneske skal satse på ei framtid innanfor jordbruket. Ramma i jordbruksoppgjeret i 2016 legg til rette for ein inntektsvekst på 3,1 pst. frå 2016, før oppgjer, til 2017. Dette utgjer om lag 10 700 kroner per årsverk. Delar av ramma fekk inntektseffekt frå 1.7.2016, og om prisauken blir realisert fullt ut, vil inntektene kunne auke med vel 1 pst. i 2016 og ytterlegare knapt 2 pst. i 2017.
Oppgjeret i 2016 vidarefører fordelingsprofilen frå jordbruksoppgjera i 2014 og 2015. Produksjonsavhengig støtte, heving av produksjonstak og fjerning av andre avgrensingar legg til rette for auka matproduksjon i Noreg. Regjeringa vil halde fram med å styrkje landbruket gjennom forenkling av lover, reglar og støtteordningar og gjennom å oppheve avgrensingar som hindrar effektiv utnytting av kapasiteten på enkeltbruk. Forenkling av verkemiddelapparatet forenklar kvardagen til bonden og bidreg til effektivitet, betre forvaltning og oversikt.
Departementet legg opp til at jord- og skogbruk blir kompensert for auke i mineraloljeavgift. Departementet vil komme tilbake til innretning på kompensasjonen ved jordbruksoppgjeret i 2017.
Landbruks- og matdepartementet arbeider med ei ny melding til Stortinget om jordbrukspolitikken. Fleire sentrale tema, som til dømes spørsmålet om produksjonsregionar for mjølk, oppfølging av arbeidsgrupperapport om forenkling av verkemidla i jordbrukspolitikken, oppfølging av rapporten Landbruk og klimaendringer og oppfølging av utvalet som har gått gjennom marknadsbalanseringa, blir etter ønske frå Stortinget, tekne med i meldinga. Økologisk jordbruksproduksjon vil også bli omtalt i meldinga, og oppfordringa frå Stortinget om å utarbeide ein strategi for økologisk jordbruk vil difor følgjast opp i etterkant.
Oppgjeret gir ein auke i målprisane på 190 mill. kroner frå 1.7.2016. Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til gjennomføring av jordbruksavtalen over kap. 1150 i 2017 med om lag 100 mill. kroner. I tillegg kjem om lag 90 mill. kroner som følgje av kvantumsjusteringar, særleg grunna auka produksjon av korn og kjøtt.
Eigedoms- og busetjingspolitikk
I Noreg utgjer dei om lag 150 000 landbrukseigedommane med bustadhus eit viktig grunnlag for sysselsetjing og busetjing, og for utvikling og produksjon av varer og tenester med utgangspunkt i landbruket.
For å styrkje den private eigedomsretten og å forenkle eigedomslovgivinga i landbruket har regjeringa gjort framlegg for Stortinget om oppheving av regelen i konsesjonslova om priskontroll på landbrukseigedommar, jf. Prop. 124 L (2013–2014) Endringer i konsesjonsloven og tvangsfullbyrdelsesloven. Stortinget vedtok i samband med handsaminga av lovframlegget ei rekkje oppmodingsvedtak, jf, Innst. 153 L (2015–2016). Som oppfølging av desse, har departementet bestemt at det ikkje skal vere priskontroll ved overtaking av landbrukseigedommar med bustadhus når kjøpesummen er under 3,5 mill. kroner. Vidare har dei framlegga til endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova som Stortinget har bedt regjeringa komme tilbake til Stortinget med, vore på høyring. I tillegg har framlegg om endringar i jordlovas drivepliktsføresegn og delingsføresegn vore på høyring. Regjeringa tek sikte på å gjere framlegg om endringar i desse lovene våren 2017.
Økonomisk og økologisk berekraftig reindrift
Reindrifta er ei urfolksnæring som er unik både i nasjonal og internasjonal samanheng. Reindrifta bidreg til eit levande landbruk gjennom beitebruk i fjellområde og utmark og har eit stort potensial for auka verdiskaping.
Reindrifta i delar av Finnmark har vore igjennom ein krevjande prosess med reduksjon av talet på rein der dette har vore for høgt. Dei tala som no ligg føre viser at ein i all hovudsak har lukkast i dette arbeidet. Gjennomgangen av siidaandelsinnehavarar si Melding om reindrift våren 2016, viser at reintalet ligg under det fastsette i Aust-Finnmark reinbeiteområde. For Vest-Finnmark reinbeiteområde ligg reintalet om lag 1 000 rein over det fastsette. Sjølv om innrapporterte tal viser at ein no har eit reintal tilnærma i samsvar med fastsett tal i bruksreglane, er det likevel naudsynt å følgje med på utviklinga. Det er vesentleg at reintalet held seg på eit berekraftig nivå. Stortinget sitt vedtak om endringar i reindriftslova våren 2016, jf. Prop. 93 L (2015–2016), er ein viktig del av dette arbeidet.
For å nå dei reindriftspolitiske måla er det naudsynt at reindriftslova og reindriftsavtalen utfyller kvarandre. Gjennom arbeidet med fastsetjing av eit økologisk berekraftig reintal har det blitt mogleg å knyte saman verkemidla over reindriftsavtalen og reindriftslova. Dei to siste reindriftsavtalane har støtta opp om dei som har følgt opp vedtaka om reduksjon, mens dei som ikkje har følgt reduksjonskrava ikkje har vore i posisjon til å få tilskott. Dei produksjonsretta tilskotta har blitt prioriterte framfor tilskott som ikkje direkte stimulerer til auka slakting og omsetnad. Også innanfor Reindriftens utviklingsfond er tiltak som legg til rette for auka slakting og omsetnad prioriterte. Auka kalveslaktetilskott blir særleg trekt fram. Uttak av kalv reduserer presset på vinterbeita og med det tapa gjennom vinteren. Auka uttak av kalv bidreg også til auka produktivitet fordi tilveksten på kalv er større enn tilveksten på større dyr.
Reindrifta er svært arealavhengig, og inngrep og uro innanfor reinbeiteområda har auka dei siste tiåra. Plan- og bygningslova har fleire verkemiddel som gjer det mogleg med ei meir heilskapleg forvaltning av areal i det enkelte reinbeitedistriktet. For å leggje til rette for ei betre sikring av areal nytta i reindrifta, er det viktig at fylkeskommunar og kommunar i dei samiske reinbeiteområda følgjer opp nasjonale føringar og tek plan- og bygningslova sine verkemiddel i bruk.
Regjeringa har starta opp arbeidet med ei ny stortingsmelding om reindriftspolitikken. Regjeringa vil fremje ei næringsretta melding. I arbeidet med meldinga vil departementet leggje opp til konsultasjonane med næringa, Norske reindriftsamers landsforbund (NRL) og Sametinget.
Verdiskaping og berekraft
Konkurransekraft og lønsam utnytting av ressursane i landbruket
Regjeringa vil bidra til eit levedyktig landbruk ved å styrkje moglegheitene for verdiskaping. Det er naudsynt med ein tydeleg politikk overfor dei som produserer varer og tenester med utgangspunkt i landbruket sine ressursar utanom tradisjonelt jord- og skogbruk. Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål blei handsama av Stortinget våren 2016. Meldinga peikar på generelle tiltak knytte til stimulering til gründerskap, vekst og innovative næringsmiljø, stimulering til vidare vekst og utvikling innanfor områda lokalmat og -drikke, landbruks- og utmarksbasert reiseliv, Inn på tunet, bioenergi og juletreproduksjon. Meldinga synleggjer også verkemiddelapparatet sin verdi for å skape ei positiv utvikling. Ein samla Næringskomitè uttrykte at stortingsmeldinga gir ei god skildring av utvikling og potensial for næringsutvikling i landbruket. Komiteen meinte vidare at utvikling av fleire alternative næringar i tillegg til primærproduksjon også bidreg til å styrkje forståinga og legitimiteten for landbruket og landbrukspolitikken. Ein vesentleg del av løyvingane under Landbrukets utviklingsfond (LUF) er difor prioritert til ordningar som skal stimulere til næringsutvikling i landbruket, der investerings- og bedriftsutviklingsmidlane i landbruket (IBU-midlane) og Utviklingsprogrammet for landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping er dei største ordningane. I jordbruksoppgjeret dei siste åra har særleg avsetninga til investerings- og bedriftsutviklingsordninga blitt prioritert.
Dei regionale bygdeutviklingsprogramma synleggjer prioriteringar og tilpassingar av verkemiddelbruken innanfor næringsutvikling. Samspelet mellom forvaltning, forsking og næringa sjølv er avgjerande for å oppnå gode resultat på dette området.
Marknadsbalansering i jordbruket er evaluert av Hjelmengutvalet som la fram rapporten sin i juni 2015. Regjeringa gjer framlegg til endringar i marknadsbalanseringa i den komande stortingsmeldinga om jordbruksnæringa.
God og rett kompetanse i landbruket står sentralt i arbeidet for å sikre eit aktivt landbruk, verdiskaping og busetjing i heile landet. For å styrkje kompetansehevande tiltak i landbruket, som sikrar fagleg kvalitet og fleksibel tilrettelegging, er det vedteke å greie ut ein nasjonal modell for eit agronomutdanningstilbod for vaksne. Utgreiinga vil bli gjennomført i samarbeid med næringa og utdanningsstyresmaktene.
Auka produksjon av mat i tider med endring i klima krev kompetanse i heile verdikjeda. Eit styrkt skogbruk, som skal bidra til å nå viktige klimamål, vil også innebere behov for auka rekruttering til næringa. Aktørar i skognæringa har gått saman om eit nasjonalt prosjekt for å møte rekrutterings- og kompetanseutfordringar i skogbruket – Velg Skog. Visjonen for prosjektet er å sikre samfunnet tilstrekkeleg tilgang på framtidsretta kompetanse for berekraftig forvaltning av skogressursane. Departementet støttar opp om dette prosjektet.
Økologiske driftsmåtar kan bidra med kunnskap og erfaringar for meir miljøvennleg produksjon, samstundes som økologiske produkt representerer eit mangfald forbrukarane etterspør. Løyvingane over jordbruksavtalen skal sikre stabilitet for produsentar med økologisk drift, uavhengig av svingingar i marknaden. Samla for alle produktgrupper auka omsetnaden av økologiske produkt med 15 pst. frå 2014 til 2015. Den samla satsinga på økologisk produksjon over jordbruksavtalen i 2017 er på om lag 155 mill. kroner.
Verkemidla i nasjonalt og regionale miljøprogram skal bidra til at jordbruksproduksjonen fører til minst mogleg forureining og tap av næringsstoff. Arbeidet med å redusere utslepp til jord, vatn og luft blir følgt opp gjennom dei regionale miljøprogramma.
Departementet legg opp til ei vidare satsing for å redusere forureininga av fosfor, nitrogen og erosjon til vassdrag og kystområde. Departementet har i samarbeid med Klima- og miljødepartementet sett i verk ein gjennomgang av regelverket om lagring og bruk av husdyrgjødsel der målet er ei betre utnytting av næringsstoffa.
Det vil bli arbeidd med å redusere risiko ved bruk av plantevernmiddel. Ny handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel blei fastsett i april 2016.
Berekraftig skogbruk og konkurransedyktige skog- og trebaserte verdikjeder
Eit aktivt og lønsamt skogbruk og konkurransedyktig skogindustri er viktig for busetjing, sysselsetjing og næringsutvikling i store delar av landet. Skogsektoren er ein del av ein open, global marknad. Ein konkurransedyktig skogindustri i Noreg er avgjerande for velfungerande verdikjeder og for størst mogleg verdiskaping knytt til norsk tømmer.
Nedlegging av foredlingsindustri i Noreg dei siste ti åra, særleg innan papir- og masseindustri, har ført til ein sterk auke i tømmereksporten. Eksporten har førebels løyst dei største utfordringane med avsetning av massevirke og flis, og har samstundes vore viktig for at norske sagbruk har fått nok sagtømmer. Færre foredlingsbedrifter og meir eksport aukar transportarbeidet og -kostnadene, særleg knytt til råstoff og biprodukt, noko som er ei utfordring for lønsemda til desse bedriftene. Auka vidareforedling av norsk tømmer i lønsame foredlingsbedrifter i Noreg vil vere avgjerande for auka verdiskaping og for sektoren sine positive nærings-, miljø- og klimabidrag lokalt, regionalt og nasjonalt.
Departementet vil leggje til rette for å auke oppbygginga av skogressursane og å styrkje lønsemda i skogbruket. Nye klimatiltak i skog vil auke skogvolumet i eit langsiktig perspektiv, noko som vil bidra til å tryggje ressurstilgangen og grunnlaget for verdiskaping for skog- og trenæringa i framtida, sjå nærare omtale nedanfor.
Dei viktigaste verkemidla i skogpolitikken er skogfond, tilskott til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og tilskott til skogplanteforedling og produksjon av bioenergi. Verkemiddelbruken knytt til forbetring av infrastrukturen i skogbruket har høg prioritet. Ein god infrastruktur i form av vegar, jernbane og kaier er viktig for å auke verdiskapinga og styrkje konkurransekrafta til fastlandsindustrien. Departementet vil difor leggje til rette for bygging og ombygging av skogsvegar og bygging av tømmerkaier.
For å sikre eit godt grunnlag for berekraftig skogbruk framover, vil departementet føre vidare satsinga på skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og kunnskapsprosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet) ved NIBIO. Vidare står skogplanteforedling fram som eit viktig område. Foredlingsarbeidet gir grunnlag for auka verdiskaping, klimatilpassing og auka opptak av CO2 i skog. Skogen har ei viktig rolle i klimapolitikken, og regjeringa vil styrkje dei klimapolitiske målsetjingane i forvaltninga av norsk skog. Klimaforliket legg opp til ei aktiv forvaltning av skogressursane for å sikre eit høgt opptak av CO2 i skog slik at karbonlageret i skogen stadig aukar. Tilveksten i skogen er no på sitt høgaste, men tilveksten vil gå ned ei stund framover. Hovudårsakene til dette er at mykje av skogen har nådd hogstmoden alder og at det har vore ein periode med låge investeringar i skogen. Regjeringa vil i 2017 vidareføre klimatiltak i skogsektoren frå klimaforliket, med midlar til tettare planting etter hogst og til gjødsling av skog. Vidare vil ein ved ein auke i løyvinga til skogplanteforedling sikre at plantematerialet i størst mogleg grad er tilpassa eit klima i endring. I tillegg vil pilotprosjektet om planting av skog på nye areal bli vidareført over budsjettet til Klima- og miljødepartementet.
Auka bruk av fornybar bioenergi og auka bruk av tre framfor innsatsfaktorar baserte på fossile ressursar, kan gi viktige bidrag til energiforsyninga og minske utsleppa av klimagassar. Auka produksjon av bioenergi skal bidra til å nå målet til regjeringa om større produksjon av fornybar energi og til å redusere utsleppa av klimagassar. Regjeringa vil vidareføre satsinga på bioenergi gjennom bioenergiprogrammet på jordbruksavtalen for 2017.
I eit lågutsleppssamfunn vil fornybare biologiske ressursar måtte erstatte fossile ressursar. Verdiskaping basert på berekraftig hausting av biomasse frå jord-, skog- og havbruk – bioøkonomien – kan difor få ein større plass i næringslivet i framtida. Noreg har god tilgang på bioråstoff. Basert på fornybar energi og relevant kompetanse frå prosessindustri og petroleumsrelatert verksemd, kan norsk biomasse frå jordbruk, skog og hav bli omdanna til eit breitt spekter av høgverdige produkt som vil bli etterspurd frå ei sterkt veksande verdsbefolkning. I tillegg må ein vente å sjå nye gjennombrott i bruksmåtar for bioteknologi på mange område.
Regjeringa vil føre ein politikk som gir næringslivet betre konkurransekraft og rom for å skape større verdiar. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei melding til Stortinget om skog- og trenæringa hausten 2016. Meldinga skal ha eit verdikjedeperspektiv og peike på moglegheitene for å byggje opp under det grøne skiftet i norsk økonomi. Arbeidet med meldinga skal mellom anna byggje på Sundvolden-erklæringa, regjeringas klimapolitikk og satsing på auka konkurransekraft. Auka aktivitet i skogbruket skal kombinerast med betre kunnskap om miljøverdiane i skog og styrkte miljøomsyn i skogbruket. Innspela frå SKOG22-strategien for skog- og trenæringa vil bli vurderte i arbeidet. Regjeringa la nyleg fram ein bioøkonomistrategi. Meldinga skal koordinerast med denne.
Arealressursane, kulturlandskapet og klima
Berre 3 pst. av arealet i Noreg er jordbruksareal. Det er viktig å ta vare på gode jordbruksareal og matjord. Samstundes må jordvernet balanserast mot storsamfunnet sine behov.
Aktiv drift i landbruket er den viktigaste føresetnaden for å ta vare på kulturlandskapet. Kulturlandskap forma av landbruket er viktige for identitet og tilknyting. Dei gir ei ramme for satsingar på kultur, lokal mat, friluftsliv, busetjing og turisme, og er leveområde for mange artar av planter og dyr. Variasjonen i dette kulturlandskapet må oppretthaldast, og ei målretta forvaltning kan bidra til å nå målet om å stoppe tapet av biologisk mangfald og ta vare på kulturminne. Dei kommunale miljøverkemidla og dei regionale miljøprogramma over jordbruksavtalen skal bidra til å halde det biologiske mangfaldet og kulturminna i kulturlandskapet ved lag. I tillegg er det viktig at kommunane forvaltar landskapsverdiane i den kommunale planlegginga og lagar planar som kan liggje til grunn for god forvaltning.
Landbruks- og matdepartementet vil også framover samarbeide med Klima- og miljødepartementet om dei 22 utvalde kulturlandskapa i jordbruket. Klima- og miljødepartementet og Landbruks- og matdepartementet vil i 2017 gi Miljødirektoratet, Riksantikvaren og Landbruksdirektoratet i oppdrag å vurdere korleis viktige nasjonale kulturlandskap best kan takast vare på, under dette utviding av ordninga med nasjonalt utvalde kulturlandskap. Regjeringa vil komme tilbake til Stortinget på eigna måte.
Det genetiske mangfaldet innanfor planter husdyr og skogstre, utgjer ein viktig ressurs for landbruket ikkje minst i møte med nye utfordringar, som til dømes endring av klimaet. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp og sikre rullering av dei fleirårige handlingsplanane for bevaring og berekraftig bruk av genetiske ressursar blant planter, husdyr og skogstre.
Departementet driftar Svalbard globale frøhvelv som har som mål å lagre sikkerheitskopiar av frø frå verdas viktigaste matvekstar. Frølageret har også ei viktig rolle når det gjeld å skape auka forståing for genetiske ressursar og det internasjonale samarbeidet om dette. Departementet vil leggje vekt på å sikre eit effektivt nordisk samarbeid om bevaring av genetiske ressursar i Nordisk genressurssenter (NordGen) og den nordiske partnarskapen for frøforedling, som har som mål å styrkje planteforedlinga og nytte dei nordiske genressursane betre.
Skogen har ei viktig rolle i klimapolitikken. Regjeringa vil bruke skogen for å sikre eit høgt opptak av CO2. Dette skal mellom anna skje ved å leggje til rette for tettare planting av ny skog etter hogst, etablering av skog på nye areal, meir og betre skogplanteforedling og målretta gjødsling av skog. Det er utvikla miljøkriterium for planting av skog på nye areal og for målretta gjødsling. Samstundes skal skogressursane nyttast til å produsere meir fornybar energi og tremateriale.
Til jordbruksoppgjeret 2016 blei det utarbeidd ein rapport frå ei arbeidsgruppe som har sett på landbruket sine utfordringar i møte med klimaendringane. Arbeidsgruppa meinte det er to hovudstrategiar for å redusere klimagassutsleppa frå jordbrukssektoren; reduserte utslepp innanfor same produksjonsvolum og endra konsum og samansetning av matforbruket.
Klimaendringar aukar risikoen for at nye plante- og dyresjukdommar og zoonosar etablerer seg i Noreg. Det venta smittepresset må bli møtt med god beredskap og førebyggjande tiltak. Departementet vil også prioritere midlar til planteforedling og utvikling av sortar med sikte på betre klimatilpassing. Det er eit særs langsiktig arbeid å prøve ut eller utvikle nye sortar til bruk i landbruket i Noreg.
Noreg skal vere blant dei leiande landa i arbeidet med produksjon av kunnskap for eit klimatilpassa landbruk, jf. mellom anna Meld. St. 33 (2012–2013) Klimatilpasning i Norge. Departementet legg opp til ein koordinert og målretta innsats innanfor forsking og utvikling (FoU). Departementet vil utvikle det internasjonale forskingssamarbeidet vidare.
Oppmodingsvedtak
Vedtak nr. 416, 12. februar 2015
«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til virkemidler for å bedre konkurransen og effektiviteten i dagligvaremarkedet.»
Grunnlaget for vedtak nr. 416 av 12. februar 2015 er Representantforslag om å lovfeste god handelsskikk for å sikre viktige forbrukerinteresser, jf. Dokument 8:12 S (2014–2015), Innst. 155 S (2014–2015).
Arbeidet med å finne verkemiddel for å betre konkurransen og effektiviteten i daglegvaremarknaden går føre seg i samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Det skal arbeidast med utgangspunkt i Daglegvarelovutvalets analysar og konklusjonar. I mars 2016 kom regjeringa med framlegg til tiltak om moglege endringar av konkurranselova der dette er formålsteneleg, og styrking av Konkurransetilsynets innsats overfor daglegvaremarknaden. Regjeringa vil også få gjennomført ei vurdering av etableringshinder i verdikjeda for mat.
Vedtak nr. 573, 2. juni 2015
«Stortinget ber regjeringen i stortingsmelding om handlingsplan for naturmangfold, stortingsmelding om landbruk og stortingsmelding om skog- og trenæring gjøre en vurdering av aktuelle problemstillinger knyttet til myr.»
Grunnlaget for vedtak nr. 573 av 2. juni 2015 er Representantforslag om en mer helhetlig og langsiktig forvaltning av myr i Norge, jf. Dokument 8:78 S (2014–2015), Innst. 304 S (2014–2015).
Spørsmål som er relevante for naturmangfald er handsama i Meld. St. 14 (2015–2016) Natur for livet. Landbruks- og matdepartementet og Klima- og miljødepartementet har gitt eit felles oppdrag til Miljødirektoratet og Landbruksdirektoratet om å utarbeide ein plan for restaurering av våtmark for perioden 2016–2020. Ein sentral premiss for arbeidet, er at det ikkje skal vere i konflikt med jord- og skogbruksinteresser. Det vil uansett ikkje vere aktuelt å tilbakeføre omdisponert myrareal der det er produktiv skog fordi dette vil medføre karbontap og dermed betydelege utslepp. Drenerte myrer utan produktiv skog skal derimot prioriterast for restaurering. I den samanheng vil Landbruks- og matdepartementet revidere forskrift om berekraftig skogbruk, slik at både nygrøfting og reinsk av grøfter der det ikkje er etablert produktiv skog, blir forbode. Klimaforliket legg til grunn at forskrift om nydyrking blir revidert slik at også omsyn til klima blir tekne inn. Landbruks- og matdepartementet har i samråd med Klima- og miljødepartementet fått laga ei utgreiing om konsekvensane av ulike tiltak knytt til nydyrking av myr, under dette forbod, med vekt på klimaeffekt og kostnad ved tiltaka. Problemstillingar knytt til myr blir tekne inn i arbeidet med meldingar til Stortinget om skog- og trenæringa og melding om jordbruksnæringa.
Vedtak nr. 140, 8. desember 2015
Stortinget gjorde 8. desember 2015 følgjande oppmodingsvedtak ved handsaminga av innstillinga frå næringskomiteen om nasjonal jordvernstrategi, jf. Innst. 56 S (2015–2016) og Prop. 127 S (2014–2015):
«Stortinget fastsetter det årlige målet for omdisponering av dyrka mark til 4 000 dekar. Stortinget ber regjeringen sørge for at målet nås gradvis innen 2020.»
Regjeringa har merka seg målet og vil følgje utviklinga nøye fram mot 2020. Gjennomføringa av jordvernstrategien vil vere sentralt for å nå det fastsette målet.
Vedtak nr. 141, 8. desember 2015
Stortinget gjorde 8. desember 2015 følgjande oppmodingsvedtak ved handsaminga av innstillinga frå næringskomiteen om nasjonal jordvernstrategi, jf. Innst. 56 S (2015–2016) og Prop. 127 S (2014–2015):
«Stortinget ber regjeringen
legge fram i revidert nasjonalbudsjett for 2016 positive virkemidler for kommunene som vil gjøre det enklere å unngå utbygging av dyrka mark
etablere i løpet av 2016 et skolerings- og tiltaksprogram for lokalpolitikere i norske kommuner, knyttet til ivaretakelse av dyrka og dyrkbar mark
utrede om fylkeskommunen bør få større rolle i planarbeidet relatert til jordvern
vurdere utvida meldeplikt for kommunene til Fylkesmannen ved omdisponering av dyrka mark, og komme tilbake til Stortinget med egnet forslag i løpet av 2016
vurdere forsterking av vernebestemmelsene i jordloven
utrede endringer i lovgivningen som vil begrense og sikre åpenhet om opsjonsavtaler om kjøp av dyrka og dyrkbar jord for utbygging
fremme forslag i regelverket slik at jordloven gjelder for omdisponert dyrka mark inntil den dyrka marka faktisk er bygd ned
komme med forslag i løpet av 2016 for å øke nydyrkingen.»
Oppfølginga av oppmodingsvedtak nr. 141 a. om positive verkemiddel for kommunane, blei gjort i samband med revidert nasjonalbudsjett, jf. Prop. 122 S. (2015–2016), kapittel 2.10.
Til punkt b. i oppmodingsvedtaket, har fylkesmennene fått i oppdrag å gjennomføre opplæringstiltak for lokalpolitikarar i løpet av 2016. Landbruks- og matministeren har også i brev til kommunane understreka den viktige rolla fylkesmannen har som rettleiarar overfor kommunane i plansaker. Fylkesmennene har gitt tilbod til kommunane om opplæringstiltak og vil rapportere om dette i si rapportering for 2016 til departementet. Det er etablert kontakt med KS for å sjå på nye opplæringstiltak for nye folkevalde etter neste kommuneval.
Til punkt c. har Landbruks- og matdepartementet innhenta vurdering frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Fylkeskommunen er i dag forplikta som regional planmyndigheit etter plan- og bygningslova § 7-1 til å utarbeide ein regional planstrategi i kvar valperiode i samarbeid med kommunar, statlege organ, organisasjonar og institusjonar som blir påverka av planarbeidet. Planstrategien skal mellom anna vurdere langsiktige utviklingsmoglegheiter og ta stilling til kva spørsmål som skal takast opp gjennom vidare regional planlegging. Den regionale planmyndigheita skal utarbeide regional plan for dei spørsmåla som er fastsette i den regionale planstrategien, jf. § 8-1, eller eventuelt setje i gang interkommunalt plansamarbeid etter § 9-1.
Fylkeskommunen har planfagleg rettleiingsansvar overfor kommunane og skal ha tilgang til naudsynt planfagleg kompetanse. Fylkeskommunen har myndigheit til å fremje motsegn etter § 5-4. I Rundskriv H-2/14 om motsegner er dette konkretisert til å gjelde kulturminne-, kulturmiljø- og landskapsomsyn, friluftsliv, samordna areal- og transportplanlegging, kjøpesenter, regional plan og planstrategi, barn og unge sine interesser, universell utforming, fylkesvegar, havbruksinteresser og akvakultur. Fylkeskommunen har ansvaret for å opprette, leie og vere sekretariat for regionalt planforum, jf. § 5-3.
Regjeringa har i Nasjonale forventninger til regional og kommunal planleggning, vedteke ved kongeleg resolusjon 12. juni 2015, peika på at det er ei viktig oppgåve å ta vare på god matjord, samstundes som jordvernet blir balansert mot storsamfunnet sine behov elles. Regjeringa har samstundes uttrykt ei forventning om at fylkeskommunane og kommunane fastset regionalt utbyggingsmønster, senterstruktur og hovudtrekka i transportsystemet, under dette knutepunkt for kollektivtrafikken. Regjeringa forventar også at det gjennom planlegginga blir trekt langsiktige grenser mellom by- og tettstadsområde og store samanhengande landbruks-, natur- og friluftsområde, og at staten, fylkeskommunane og kommunane legg vedtekne planar til grunn for eigne vedtak.
Det følgjer av dette at fylkeskommunen allereie i dag har eit breitt spekter av verkemiddel og ein betydeleg rolle i planarbeid knytt til jordvern, både på regionalt og kommunalt nivå.
Når det gjeld vurderingar av om fylkeskommunen bør få ei større rolle i planarbeidet som kan ha betyding for jordvernet, har Kommunal- og moderniseringsdepartementet ei melding til Stortinget om berekraftige byar og sterke distrikt under utarbeiding. Regjeringa vil i denne meldinga komme inn på spørsmål som vil vere av betyding for regional planlegging og for fylkeskommunen si rolle i planlegginga.
Punkt d. har Landbruks- og matdepartementet innhenta vurdering frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Her viser departementet til at det i komiteen sine merknader i Innst. 56 S (2015–2016) mellom anna står at «Komiteen viser til at enkeltsaker etter plan- og bygningsloven skal eller bør sendes fylkesmannen til uttalelse dersom de må behandles som en dispensasjon. En grunn til at de må behandles som en dispensasjon er at byggingen eller fradelingen av tomt medfører omdisponering av dyrket jord, og at det ikke er avklart i overordnet arealplan. Fylkesmannen vil da kunne uttale seg til kommunen om disse sakene og eventuelt påklage dem hvis kommunen ikke etterkommer fylkesmannens krav.
Komiteen mener det må vurderes om meldeplikten for enkeltsaker etter plan- og bygningsloven bør forsterkes ved at det sammen med meldingen skal være en utredning som viser alternative arealer som ikke er på dyrka eller dyrkbar jord.»
Kommunal- og moderniseringsdepartementet oppfattar at Stortinget sitt oppmodingsvedtak gjeld søknader om dispensasjon etter plan- og bygningslova § 19-1. Den meldeplikta som i dag gjeld i dispensasjonssakar er omtalt i § 19-1 fjerde punktum: «Regionale og statlige myndigheter hvis saksområde blir direkte berørt, skal få mulighet til å uttale seg før det gis dispensasjon fra planer, plankrav og forbudet i § 1-8.»
Det er i dag til ein viss grad opp til regionale og statlege styresmakter sjølve å bestemme kva for dispensasjonssaker som skal sendast på høyring til regionale styresmakter. Det er i dag noko varierande praksis både rundt korleis dette blir gjort og kor hyppig brev m.v. blir oppdaterte.
Eksempelvis har Fylkesmannen i Oslo og Akershus i januar 2014 utarbeidd ein rettleiar i samarbeid med Akershus fylkeskommune, der dei klargjer kva for dispensasjonssaker som skal sendast på høyring. Det går her mellom anna fram at tiltak i strid med LNF-formålet, og som inneber inngrep i dyrka og dyrkbar jord og produktive landbruksområde, skal sendast på høyring til både fylkesmannen og fylkeskommunen. I rettleiaren er det vist til fylkesmannen sitt forventingsbrev til kommunane der det er peika på følgjande: «Alternativer til utbygging på dyrka og dyrkbar jord skal vurderes og vektlegges i arealplanleggingen. […] I plan- og bygningsloven er adgangen til å gi dispensasjon fra planer begrenset. Fylkesmannen forventer at kommunene tilpasser sin praksis i tråd med dette. Vi anbefaler at vår dispensasjonsveileder brukes i saksbehandlingen. Dispensasjoner etter plan- og bygningsloven (PBL) i LNF-områder og regulering der jordloven fortsatt gjelder, krever også vedtak i kommunen om fradeling og/eller omdisponering etter jordloven §§ 9 og 12.»
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har inntrykk av at regionalt nivå gir god rettleiing til kommunane om handsaming av dispensasjonssaker, men at det kan vere rom for forbetringar, mellom anna ut frå at praksis verker å vere noko ulik frå fylke til fylke. Departementet er samd i at det kan vere gode grunnar til å stille krav om at vurderingar av alternativ til utbygging på dyrka og dyrkbar jord skal gå fram av sakene, slik komiteen peikar på. Dette opnar dagens regelverk for å krevje, men rettleiinga på området kan med fordel gjerast tydelegare og meir einskapleg.
Kommunal- og moderniseringsdepartementeter er oppteke av å få ein meir einsarta praksis mellom fylka når det gjeld rettleiing om handsaming av dispensasjonssaker etter plan- og bygningslova og at rettleiinga blir oppdatert oftare enn det som no ser ut til å vere tilfelle.
Til punkt e. har Landbruksdirektoratet på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet greidd ut forsterking av verneføresegna i jordlova og vurdert moglege endringar i jordlova i rapport nr 21/2016 Vernebestemmelsene i jordloven av 1.9.16. Landbruksdirektoratet føreslår fleire endringar i jordlova, og Landbruks- og matdepartementet vil på denne bakgrunn vurdere direktoratet sitt framlegg og vege det opp mot dei ulempene som fleire reguleringar vil medføre.
Til punkt f. har Landbruksdirektoratet på oppdrag frå Landbruks- og matdepartementet greidd ut spørsmåla knytte til opsjonsavtalar om kjøp av dyrka og dyrkbar jord i rapport nr. 20/2016 av 1.9.2016. Landbruksdirektoratet har vurdert moglege lovendringar, men vurderer det som utfordrande å lovregulere forholda rundt opsjonsavtalar, i det lovgivinga sin treffsikkerheit i alle tilfelle er prisgitt grunneigaren sin openheit og at grunneigaren retter seg etter lovgivinga. Dette kjem av at det, trass i dei reguleringar som eksisterer i dag og eventuelle nye reguleringar, er og vil vere fullt mogleg å inngå opsjonsavtalar i det skjulte. Utgreiinga viser også til at kommunane allereie i dag har myndigheit til å fastsetje arealbruken gjennom plan- og bygningslova uavhengig av både kjente og ukjente opsjonsavtalar. Landbruks- og matdepartementet vil på denne bakgrunn vurdere direktoratet sitt framlegg og vege det opp mot dei ulempene som fleire reguleringar vil medføre.
Når det gjeld punkt g. fastset jordlova § 2 at lova gjeld for heile landet. § 2 gjer derimot unntak for §§ 9 og 12 i område som i reguleringsplan er lagt ut til anna formål enn landbruk eller omsynssone, eller i bindande arealdel av kommuneplan er lagt ut til bygging og anlegg eller til LNRF-område der «grunnutnyttinga er i samsvar med føresegner om spreidd utbygging som krev at det ligg føre reguleringsplan før deling og utbygging kan skje». Jordlova § 2 gjer ikkje unntak for andre føresegner i lova, inkludert føresegnene om driveplikt i § 8. Dette inneber at driveplikta gjeld sjølv om jordbruksareal er lagt ut til andre formål i arealplanane, så lenge arealet kan bli nytta til jordbruksformål og ikkje er teke i bruk i tråd med arealplan som er heimla i plan- og bygningslova. I framlegget til endring av konsesjonslova, jordlova og odelslova som har vore på høyring, jf. omtale ovanfor, har departementet bedt om høyringsinstansane sitt syn på om det er behov for ytterlegare klargjering på dette punktet.
Når det gjeld punkt h., er nydyrking eit tiltak for å auke jordbruksproduksjonen. Dei siste åra har nydyrkinga vore svært omfattande samanlikna med omdisponeringa av dyrka mark. I 2015 var nydyrkinga om lag tre gonger så stor som omdisponeringa av dyrka mark, då 18 139 dekar blei tillate å dyrke opp, mot at 6 341 dekar blei omdisponerte. Omfanget av nydyrkinga har og auka betydeleg dei siste åra.
I mai 2015 handsama Stortinget eit representantforslag om ein meir heilskapleg og langsiktig forvaltning av myr i Noreg, jf. Dokument 8:78 S (2014–2015). I innstillinga til Stortinget, jf. Innst. 304 S (2014–2015) frå energi- og miljøkomiteen, er regjeringa mellom anna bedt om å revidere nydyrkingsforskrifta, og sikre at forskrifta set krav om vurdering av klimaomsyn. Revidering av forskrifta er sett i gang, og NIBIO har i den samanheng laga ei samanstilling av det eksisterande kunnskapsgrunnlaget knytt til nydyrking av myr, og belyst ulike konsekvensar ved å leggje restriksjonar på nydyrking – både samfunnsøkonomiske konsekvensar og konsekvensar for klimagassutslepp. Departementet vil i arbeidet sjå nærare på om det skal leggjast restriksjonar på nydyrking eller setje krav om bestemte nydyrkingsmetodar. Dette vil bli vurdert opp mot ønske om å auke nydyrkinga, og departementet tek sikte på å revidere forskrifta i løpet av 2017.
Vedtak nr. 455, 19. januar 2016
«Stortinget ber om at utfasing av eksportstøtta til jordbruksprodukt vert gjennomført innan 2020, i tråd med WTO sitt vedtak av 19. desember 2015.»
Vedtaket blei gjort i samband med Stortinget si handsaming av Meld. St. 29 (2014–2015) Globalisering og handel – Muligheter og utfordringer for Norge i handelspolitikken. Det er gjort greie for oppfølginga i Prop. 133 S (2015–2016) Endringer i statsbudsjettet 2016 under Landbruks- og matdepartementet (Jordbruksoppgjøret 2016 m.m.) pkt. 5.2.
Vedtak nr. 483–491, 16. februar 2016
Vedtak nr. 483
«Stortinget ber regjeringen legge frem en ny proposisjon om endringer i konsesjonsloven og tvangsfullbyrdelsesloven.»
Vedtak nr. 484
«Stortinget ber regjeringen fastsette at det ikke skal være priskontroll ved overtakelse av en eiendom med bolighus, med mindre overdragelsessummen overstiger 3,5 mill. kroner.»
Vedtak nr. 485
«Stortinget ber regjeringen foreta en vurdering av om avgrensningen av beløpsgrenser og arealgrenser for praktisering av priskontroll bør fastsettes i en forskrift, og ber i tilfelle regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om å innføre en slik forskriftshjemmel i konsesjonsloven.»
Vedtak nr. 486
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om nødvendig lovendring om å heve arealgrensene for konsesjonsplikt ved erverv av bebygd eiendom og lovbestemt boplikt til 35 dekar fulldyrka eller overflatedyrka jord.»
Vedtak nr. 487
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om at arealgrensen endres tilsvarende for odlingsjord etter odelsloven § 2.»
Vedtak nr. 488
«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til hvordan priskontrollen på rene skogeiendommer kan oppheves.»
Vedtak nr. 489
«Stortinget ber regjeringen vurdere hvordan produktive jord- og skogbruksarealer på en eiendom kan overdras som tilleggsjord til eiendommer som har tilstøtende grenser, ligger i nærheten av, og/eller forpaktes, uten at det skal være nødvendig å søke samtykke til deling eller konsesjon. Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag om en slik endring.»
Vedtak nr. 490
«Stortinget ber regjeringen utrede regler som gjør at skogen på kombinerte jord- og skogbrukseiendommer kan unntas fra priskontroll, og komme tilbake til Stortinget med forslag til endrede regler.»
Vedtak nr. 491
«Stortinget ber regjeringen presisere overfor landbruksforvaltningen, fylkesmannsembetet, kommunene og fylkeskommunene at konsesjonslovens bestemmelser om priskontroll skal følges.»
Grunnlaget for vedtak nr. 483–491 går fram av Innst. 153 L (2015–2016) Om endringer i konsesjonsloven og tvangsfullbyrdelsesloven (opphevelse av priskontroll), jf. Prop. 124 L (2013–2014).
Som oppfølging av vedtak nr. 483 og vedtak nr. 485–490 har forslaga til endringar i konsesjonslova, jordlova og odelslova som Stortinget har bedt regjeringa komme tilbake til Stortinget med, vore på høyring. Departementet tek sikte på å komme tilbake til Stortinget med forslag om endringar i desse lovene våren 2017. Vedtak nr. 484 og nr. 491 har departementet følgt opp med eige skriv, jf. rundskriv M-2/2016 til kommunane, fylkesmennene og Landbruksdirektoratet.
Kap. 1138 Støtte til organisasjonar m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
70 | Støtte til organisasjonar, kan overførast | 26 344 | 34 509 | 29 509 |
71 | Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar, kan overførast | 3 023 | 4 291 | 1 251 |
72 | Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) | 5 000 | ||
Sum kap. 1138 | 29 366 | 38 800 | 35 760 |
Post 70 Støtte til organisasjonar
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å bidra til å halde oppe aktiviteten i organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Departementet kan gi støtte til organisasjonar på nasjonalt nivå innanfor landbruks- og matområdet som:
formidlar kunnskap, interesse og positive haldningar til landbruks- og matsektoren
fremjar forståing for grøne verdiar hos ungdom spesielt og allmenta generelt
bidreg til å synleggjere yrkesmoglegheiter knytt til gardsbruk og bygdenæringar
fremjar miljøarbeid, verdiskaping og næringsutvikling knytt til grøn tenesteproduksjon
fremjar likestilling i arbeidet sitt
Storleiken på tilskotta blir mellom anna fastsett ut frå ei vurdering av aktivitetsnivået til organisasjonane, den finansielle situasjonen deira og eventuelle andre tilskott organisasjonane får.
Innsendte årsmeldingar og revisorgodkjende rekneskap er grunnlag for oppfølging og kontroll. Eventuelle andre vilkår som blir lagde til grunn i tilskottsbrev til den enkelte organisasjon, blir også følgde opp.
Rapportering 2015
Landbruks- og matdepartementet gjer framlegg om løyvingar til organisasjonar direkte i budsjettproposisjonen. I 2015 blei det fordelt 26,344 mill. kroner i støtte til 27 organisasjonar, jf. Tabell 2.3.
Tabell 2.3 Oversikt over støtte til organisasjonar, 2015
Organisasjon | Støtte 2015 (kroner) |
---|---|
Biologisk-dynamisk Foreining | 151 500 |
Bondens marked | 505 000 |
Det norske Skogselskap | 1 151 400 |
Dyrebeskyttelsen | 404 000 |
Dyrevernalliansen | 404 000 |
Dyrevern Ung | 101 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 515 000 |
Geitmyra matkultursenter for barn | 404 000 |
Hageselskapet | 1 111 000 |
Hanen | 2 070 500 |
Hest og Helse | 202 000 |
Kvinner i skogbruket | 173 720 |
Natur og Ungdom | 101 000 |
Norges Birøkterlag | 223 210 |
Norges Bygdekvinnelag | 404 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 101 000 |
Norges Vel | 2 020 000 |
Norske lakseelver | 505 000 |
Norsk Gardsost | 252 500 |
Norsk Kulturarv | 353 500 |
Norsk seterkultur | 151 500 |
OIKOS – Økologisk Norge | 2 929 000 |
Slipp oss til – ungdom inn i landbruket | 252 500 |
Spire | 101 000 |
TreSenteret | 303 000 |
Vitenparken | 3 282 500 |
4H Norge | 7 171 000 |
Sum | 26 343 830 |
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 29,509 mill. kroner for 2017. Landbruks- og matdepartementet har handsama søknader frå 42 organisasjonar. Løyvinga er fordelt på 30 organisasjonar, jf. Tabell 2.4. For 2016 blei det flytta 5,0 mill. kroner til Stiftelsen Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) frå kap. 1136 post 50. Frå 2017 er det oppretta ein eigen post under kap. 1138, post 72 til dette formålet.
I budsjettproposisjonen for 2016 varsla departementet at tilskotta til organisasjonar ville bli gjennomgått. Med bakgrunn i denne gjennomgangen vil støtte til organisasjonar bli lagt om frå grunnstøtte til prosjektstøtte frå 2018. Med denne omlegginga vil Stortinget vedta ramma for posten, og ordninga vil bli forvalta av Landbruksdirektoratet etter søknad om prosjektstøtte. I samband med omlegginga vil formålet med ordninga bli gjennomgått, og det vil bli utarbeidd nytt regelverk for ordninga.
Landbruks- og matdepartementet har over fleire år hatt eit tett samarbeid med 4H Norge. 4H-tilsette ved dei tidlegare fylkeslandbrukskontora var statleg tilsette før arbeidsgivaransvaret blei overført frå staten til 4H Norge i 1993. 4H Norge står difor i ei særstilling blant dei organisasjonane som får støtte over kap. 1138, post 70. For å sikre at dette samarbeidet kan vidareførast vil det frå 2018 bli oppretta ein eigen post under kap. 1138.
Tabell 2.4 Oversikt over støtte i 2016 og budsjettframlegg for 2017
Organisasjon | Støtte 2016 | Forslag 2017 |
---|---|---|
Biologisk-dynamisk Foreining | 151 500 | 152 000 |
Bondens marked | 505 000 | 505 000 |
Det norske Skogselskap | 1 151 400 | 1 200 000 |
Dyrebeskyttelsen | 404 000 | 404 000 |
Dyrevernalliansen | 504 000 | 504 000 |
Dyrevern Ung | 101 000 | 101 000 |
Folkeaksjonen ny rovdyrpolitikk | 1 515 000 | 1 615 000 |
Geitmyra matkultursenter for barn | 404 000 | 404 000 |
Hageselskapet | 1 111 000 | 1 111 000 |
Hanen | 2 070 500 | 2 171 000 |
Hest og Helse | 202 000 | 232 000 |
Kvinner i skogbruket | 173 720 | 174 000 |
Matsentralen Oslo | 300 000 | 300 000 |
Matvett AS | 415 000 | 415 000 |
Natur og Ungdom | 101 000 | 0 |
Nettverk for GMO-fri mat og fôr | 1 500 000 | 1 500 000 |
NOAH – for dyrs rettigheter | 500 000 | 500 000 |
Norges Birøkterlag | 223 210 | 250 000 |
Norges Bygdekvinnelag | 404 000 | 404 000 |
Norges Bygdeungdomslag | 101 000 | 140 000 |
Norges Vel | 2 020 000 | 2 020 000 |
Norske lakseelver | 505 000 | 550 000 |
Norsk Gardsost | 252 500 | 280 000 |
Norsk Kulturarv | 353 500 | 355 000 |
Norsk seterkultur | 151 500 | 180 000 |
OIKOS – Økologisk Norge | 2 929 000 | 2 929 000 |
Slipp oss til – ungdom inn i landbruket | 252 500 | 255 000 |
Spire | 101 000 | 101 000 |
Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk | 5 000 000 | 0 |
TreSenteret | 303 000 | 303 000 |
Ungt entreprenørskap1 | 350 000 | 0 |
Vitenparken | 3 282 500 | 3 283 000 |
4H Norge | 7 171 000 | 7 171 000 |
Sum | 34 508 830 | 29 509 000 |
1 Organisasjonen har ikkje levert søknad for 2017.
Post 71 Internasjonalt skogpolitisk samarbeid – organisasjonar og prosessar
Formål med løyvinga
Posten omfattar midlar som skal dekkje Noreg sin del av finansieringa av internasjonale skogpolitiske prosessar. Noreg arbeider for eit sterkt og forpliktande internasjonalt samarbeid for å løyse grenseoverskridande skogpolitiske utfordringar og for å sikre ei berekraftig forvaltning av skog internasjonalt. FN sitt skogforum (UNFF) er ein viktig arena for dette globalt, mens FOREST EUROPE er den sentrale arenaen for samarbeid om skogpolitikk på regionalt nivå i Europa. FOREST EUROPE samlar dei europeiske landa og ei rekkje internasjonale og frivillige organisasjonar om strategiar for å møte utfordringar og moglegheiter som skogsektoren i Europa står framfor. Det europeiske instituttet for skogforsking (EFI) er ein internasjonal organisasjon, der Noreg er medlemsstat og deltek i møte i styrande organ. EFI driv forsking og utgreiing av europeiske skogspørsmål, og er ein sentral aktør i å skaffe fram kunnskapsgrunnlag for utvikling av skogpolitikk både nasjonalt og internasjonalt.
Løyvinga skal også nyttast til medverknad frå Noreg i andre forum for internasjonalt samarbeid om skogspørsmål, som til dømes FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO).
Rapportering 2015
Over posten blei det løyvd midlar til internasjonalt skogpolitisk arbeid. Noreg har lagt stor vekt på det skogpolitiske samarbeidet i FOREST EUROPE, og hadde formannskapen for samarbeidet mellom 2008 og 2011. I 2011 tok Spania over formannskapen, og avslutta perioden med ein ministerkonferanse i Madrid i 2015. Noreg var fram til ministerkonferansen i Madrid medlem av koordineringskomiteen for FOREST EUROPE, og bidrog til finansieringa av prosessen gjennom ein årleg kontingent. I 2015 var denne på om lag 650 000 kroner, tilsvarande 8 pst. av det samla budsjettet for sekretariatet.
Løyvinga på denne posten blei også nytta til å sikre rapportering til internasjonale organisasjonar og prosessar som dokumenterer berekraftig skogforvaltning globalt og regionalt. Arbeidet blir i hovudsak gjort av FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO) og United Nations Economic Commission for Europe (UNECE). Departementet gav tilskott til Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), slik at instituttet kunne delta i arbeidet.
Noreg har i 2015 bidrege med 1 mill. kroner til eit fond oppretta av medlemslanda i EFI, som finansierer verksemda i Foresight and Policy Support Programme. Dette programmet skal bidra til å kople forsking og politikkutvikling, og vil vere nyttig i utviklinga av nasjonal skogpolitikk og europeisk skogpolitisk samarbeid.
Noreg har også bidrege til prosjektet Future Forest som NIBIO har delteke i. Formålet med det norske bidraget har vore å definere bruksområde for granproveniensar i Norden. Departementet har i 2015 gitt tilskott til at ungdom frå Noreg kunne delta i ein konkurranse for studentar i skogfag i Russland. Dette er eit viktig bidrag til rekruttering og til utveksling av kunnskap og erfaringar mellom land. NIBIO har også fått midlar til å delta på vegne av Noreg i internasjonalt skogsamarbeid, mellom anna i FOREST EUROPE, FAO og UNECE.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,251 mill. kroner til internasjonalt skogpolitisk arbeid. Løyvinga skal nyttast til oppfølging av internasjonale skogpolitiske prosessar og bidrag til EFI sitt arbeid i Foresight and Policy Support Programme.
Post 72 Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK)
Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) er ei privat, sjølvstendig stifting og eit nasjonalt senter for tverrfagleg kunnskapsformidling for å utvikle økologisk landbruk. NORSØK forvaltar også Tingvoll gard, som blir driven som eit økologisk gardsbruk.
Stiftinga arbeider med rådgiving og formidling av kunnskap. Fagområda er økologisk landbruk og matproduksjon, miljø og berekraft og fornybar energi.
Formål med løyvinga
Midlane skal gå til utvikling og formidling av kunnskap om produksjon og forbruk av økologisk mat. Aktuelle tiltak blir avklart i dialog mellom stiftinga og departementet.
Budsjettframlegg 2017
I samband med handsaminga av budsjettet for 2016, blei det vedteke å opprette ein ny post 72 under kap. 1138 Støtte til organisasjonar. Samstundes skulle det overførast 5 mill. kroner frå post 70 til ny post 72. Ved ein inkurie blei ikkje posten teken inn i budsjettinnstillinga. Departementet legg opp til at dette blir korrigert frå 2017 og gjer difor framlegg om ei løyving på 5,0 mill. kroner for 2017. Løyvinga over kap. 1138, post 70 blir redusert tilsvarande.
Kap. 1139 Genressursar, miljø- og ressursregistreringar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
70 | Tilskott til miljø- og ressurstiltak, kan overførast | 13 438 | ||
71 | Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak, kan overførast | 26 037 | 24 019 | 24 019 |
Sum kap. 1139 | 39 475 | 24 019 | 24 019 |
Post 70 Tilskott til miljø- og ressurstiltak
Formål med løyvinga
Over post 70 er det gitt støtte til tiltak og spreiing av kunnskap på hovudmålet berekraftig landbruk, med særskilt vekt på delmålet berekraftig bruk av og vern om landbruksareal og -ressursar. Det er naudsynt med god kunnskap om og godt oversyn over miljøverdiar og ressursar for å få til berekraftig arealbruk og næringsverksemd. Utarbeiding av arealressurskart, som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet, og registreringsprosjekt knytt til biologisk mangfald i skog er støtta over posten. Det er også gitt støtte til rapportering og resultatkontroll som reknar på effektar av miljøtiltak slik at ein kan vurdere omfanget av miljøforbetringane og måloppnåinga i jordbruk og skogbruk. Posten blei avvikla i 2016 og midlane flytta til andre postar, jf. Prop. 1 S (2015–2016) for Landbruks- og matdepartementet.
Rapportering 2015
Det blei løyvd 7,4 mill. kroner til vedlikehald av arealressurskart til nytte for næringsdrivande og forvaltninga. I tråd med jordbruksavtalen inngått i 2011 er midlane knytte til framtidig vedlikehald av AR5-kartgrunnlaget, som landbruket bidreg med i det nasjonale kartsamarbeidet Geovekst. Dette sikrar at føretaka i landbruket har rett til gratis kartdata og flybilete. Karta ligg til grunn for tenesta Gardskart på internett frå Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), og gir alle eigarar av landbrukseigedom tilgang til kart og arealstatistikk for eigedommen sin. I 2015 har NIBIO utført periodisk ajourhald av kartgrunnlaget i 40 kommunar, med eit jordbruksareal på til saman 1 164 km2. Det er no gjennomført andregongs periodisk ajourhald av 180 kommunar, mens 7 kommunar har fått gjennomført eit tredjegongs ajourhald. Arealressurskarta blir mellom anna nytta ved søknad om og kontroll av arealtilskott.
Landbruks- og matdepartementet gav også i 2015 støtte til vidare arbeid med prosjektet Miljøregistreringer i Skog (MiS), som er eit standardisert og godt dokumentert opplegg for registrering av areal som er spesielt viktige for biologisk mangfald i skog. Det blei løyvd 4,422 mill. kroner til dette arbeidet for 2015. Registreringane gir grunnlag for å ta miljøomsyn i skogbruket og blir i hovudsak utførte saman med andre ressursregistreringar som høyrer med i skogbruksplanane for skogeigedommane. Registreringane ligg også til grunn for miljøsertifiseringa i skogbruket og blir i tillegg nytta for å finne område aktuelle for frivillig vern. Norsk institutt for skog og landskap (no NIBIO) har i 2015 mellom anna lagt fram ein rapport med bidrag til korleis ein kan revidere registreringsopplegget der det tidlegare er gjort miljøregistreringar. Hausten 2015 arrangerte prosjektet ein stor konferanse for relevante aktørar med oppsummering av 15 år med miljøregistreringar. I tillegg blei Skogportalen – ei kartløysing med miljøinformasjon frå ulike databasar samla på ein nettstad – opna. MiS-livsmiljøa blir også registrerte i Landsskogtakseringa, noko som gir eit godt grunnlag for arbeidet med politikkutvikling både for styresmaktene og skognæringa.
I MiS-delprosjektet om kulturminne har NIBIO i 2015 samarbeidd med Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) om bruk av fjernmålingsdata (LIDAR) for å samanlikne med data frå Riksantikvaren sin database over freda kulturminne (Askeladden). Ein slik kombinasjon av radar- og laserteknologi kan gjere rasjonell kvalitetssikring av kulturminneregistreringar mogleg i arbeidet med mellom anna skogbruksplanlegging.
Departementet lyste også ut midlar frå denne posten til informasjonstiltak knytt til ressurs- og miljøforvaltning i skogbruket. I alt 0,7 mill. kroner blei gitt i støtte til 6 organisasjonar og føretak til prosjekt i tråd med kriteria i kunngjeringa. Vidare blei 0,225 mill. kroner nytta til rapporten Bedre karakterisering av vannforekomster påvirket av jordbruk som blei levert av Bioforsk i april 2015.
Post 71 Tilskott til genressursforvaltning og miljøtiltak
Formål med løyvinga
Over post 71 blir det gitt støtte til tiltak innanfor delmålet berekraftig bruk av og vern om landbruksareal og -ressursar som ligg under hovudmålet berekraftig landbruk. Tiltaka vil også kunne bidra til det tverrgåande målet om å ta vare på norske interesser og sikre framgang i internasjonale prosessar. For å tilpasse matproduksjonen til nye behov, sikre biologisk mangfald og matsikkerheit, livskvalitet og velferd i framtidige generasjonar, er det avgjerande å ta vare på genetiske ressursar og sikre ei berekraftig forvaltning av desse. Genressursane kan spele ei viktig rolle ved tilpassing av landbruket til klimaendringane. Løyvingar over posten omfattar tiltak til styrking av arbeid nasjonalt og internasjonalt med å ta vare på og sikre berekraftig bruk av genressursar i jord- og skogbruket. Midlar til Miljøregistreringar i skog inngår også under denne posten.
Rapportering 2015
Koordineringa av det nasjonale arbeidet med genressursforvaltning er lagt til Norsk genressurssenter, som var ei eining ved Norsk institutt for skog og landskap fram til 30.6.2015 og ved NIBIO frå 1.7.2015. Det er gjort greie for verksemda i senteret under kap. 1136, post 50.
Over post 71 blei det løyvd tilskott til tiltak og aktivitetar i genressursforvaltninga etter råd frå genressursutvala for planter, skogstre og husdyr og på grunnlag av handlingsplanar for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i dei tre sektorane. Rulleringa av handlingsplanane for ein ny fireårsperiode er starta opp. Fleire aktivitetar er faste frå år til år, mellom anna tilskott til klonarkiv, ulike genbankar, interesselag for verneverdige husdyrrasar og vernebuskapar. I tillegg blei det lyst ut prosjektmidlar. Dei siste åra er det gitt tilskott til fleire prosjekt som har som mål å utvikle ny og lokal næringsverksemd basert på nasjonale genressursar.
Ved tildeling av tilskott i 2015 innanfor husdyrsektoren er det prioritert tiltak knytt til å auka kunnskap og informasjon om verdien av dei spesielle eigenskapane til dei nasjonale husdyrrasane. Mellom anna er samarbeidet med NordGen husdyr om dokumentasjonsprosjektet for Genbanken for verpehøns på Hvam vidaregåande skole vidareført.
Også innanfor plantesektoren er det lagt vekt på å karakterisere ressursane for vidare bruk i foredling og utvikling. Eit prosjekt som undersøkjer malteigenskapar til norske byggsortar er eit døme på det.
For skogstre blei det i 2015 gitt midlar til prosjekt som skal gi auka kunnskap om verdien av genetiske variasjonar i fleire norske treslag og om kunnskapsbaserte val for ei berekraftig skogplanteforedling.
Norsk genressurssenter ferdigstilte i 2015 Nasjonal rapport for biologisk mangfald for mat og landbruk, som blei organisert som eit prosjekt med ei referansegruppe med representantar frå ulike nasjonale fagmiljø. Landrapporten er eit bidrag til FAO sin State of the Worlds Biodiversity for Food and Agriculture som skal publiserast i 2017.
Det nordiske genressursarbeidet er samla i NordGen, som har sete med administrasjon og plantegenetisk verksemd i Alnarp, Sverige, mens faglege oppgåver knytte til husdyr og skogstre er samlokaliserte med Norsk genressurssenter på Ås. NordGen fekk 1,7 mill. kroner i støtte til denne delen av verksemda. NordGen er sekretariat for den nordiske offentleg-private partnarskapen for planteforedling som er oppretta for å få i stand meir samarbeid og utnytte ressursane hos planteforedlingsinstitusjonane i Norden på ein slagkraftig måte. Partnarskapsmodellen har vekt internasjonal merksemd som eit nordisk døme på regionalt samarbeid mellom offentlege og private interessentar som skal fremje rettferdig og likeverdig samarbeid for å møte klimaendringar og miljøutfordringar.
Det blei utbetalt 711 675 kroner over posten til den internasjonale plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling (Benefit Sharing Fund). Dette svarar til 0,1 pst. av verdien av omsett såvare i Noreg i 2014.
Svalbard globale frøhvelv er eit sikringstiltak for å ta vare på det biologiske mangfaldet i landbruket. Særskilte vekstar av stor verdi for den globale matforsyninga er sikra i kvelvet. Dette spesialbygde fryselageret, som er lagt inn i permafrosten i fjellet, husar sikkerheitskopiar av frø frå heile verda. 15 institusjonar la til saman inn 36 130 nye frøprøver i 2015. I 2015 blei det for første gongen henta ut frø frå frøhvelvet. The International Centre for Agricultural Research in Dry Areas (ICARDA) i Aleppo i Syria bad om å få tilbake 128 boksar med frø av dei 325 som dei har lagra på Svalbard. Formålet med uttaket var å dyrka fram nye frø for lagring i nabolanda til Syria og å sende nye friske frø tilbake til Svalbard. Ved utgangen av 2015 romma frøhvelvet sikkerheitskopiar av 837 858 frøprøver frå 67 institusjonar verda over. Frølageret har ei viktig rolle i det internasjonale samarbeidet om genetiske ressursar. Midlane i 2015 gjekk til drift av frølageret som mellom anna inkluderer husleige, kapitalkostnader, driftsutgifter til NordGen for arbeid med deponering av frø og informasjonsarbeid.
Departementet gav også økonomisk støtte på 4,450 mill. kroner til Stiftelsen Det norske Skogfrøverk til forvaltningsoppgåver over post 71. Oppgåvene omfattar kontroll etter forskrift om skogfrø og skogplanter, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytte til anlegg for frøproduksjon. Løyvinga er avtalefesta med Skogfrøverket, jf. avtale om forvaltningsoppdrag frå 1995. Departementet gav også ei løyving til Skogfrøverket frå kap. 1149, post 73 for å styrkje arbeidet med langsiktig skogplanteforedling. Midlane til Skogfrøverket er frå 2016 samla på denne posten med tilhøyrande rapportering.
Norsk Fjordhestsenter og Nord-Norsk Hestesenter fekk til saman 4,567 mill. kroner i 2015. Sentera har ansvar for allsidig verksemd for å fremje dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Talet på føl mellom dei nasjonale rasane er urovekkjande lågt, og trenden har vart i ein del år. I 2015 var det 82 fjordhestføl, 107 dølahestføl og 115 nordlandshest-/lyngshestføl, mot høvesvis 111, 129 og 79 i 2014. Nordlandshest/lyngshest har vist ein liten auke i føltalet. Dei andre viser framleis nedgang. Sentera er engasjerte i arbeidet med å ta vare på rasane og har mellom anna delteke i arbeid med å spesifisere eigenskapar der rasane har fortrinn (signatur-aktivitetar) framfor andre rasar. Desse blir nytta i nye tevlingsformer (skeid) for dei nasjonale rasane, som kan fremje interessa for rasane og i neste omgang auke etterspørselen.
Over posten blei det også løyvd 0,4 mill. kroner til stiftinga Det norske arboret til arbeidet med samlingar av tre og busker eigna for norske forhold og til formidlingsverksemd.
Stiftinga Norsk Hjortesenter fekk tildelt 1,124 mill. kroner for å vedlikehalde og vidareutvikle seg som kompetansesenter for hjort, både viltlevande og i oppdrett. Hjortesenteret bidreg til kunnskapsutvikling og auka kompetanse om hjort som ressurs, hos private, rettshavarar og i forvaltninga.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 24,019 mill. kroner på post 71. Departementet legg opp til ei fordeling av løyvinga slik Tabell 2.5 viser.
Tabell 2.5 Budsjett for kap. 1139, post 71 i 2016 og budsjettframlegg for 2017 (1 000 kroner)
Tiltak | Budsjett 2016 | Framlegg 2017 |
---|---|---|
Genressurstiltak | 7 040 | 7 040 |
Svalbard globale frøhvelv | 4 363 | 4 363 |
Nordisk genressurssenter (NordGen) | 1 850 | 1 850 |
Prosjektet Miljøregistreringar i skog (MiS-prosjektet)1 | 4 550 | 4 550 |
Nord-Norsk Hestesenter og Norsk Fjordhestsenter | 3 147 | 3 147 |
Stiftelsen Det norske arboret og Norsk Hjortesenter | 3 069 | 3 069 |
Sum genressursforvaltning og miljøtiltak | 24 019 | 24 019 |
Dei genetiske ressursane er ein vesentleg del av det biologiske grunnlaget for auka matproduksjon og tilpassing til nye behov og utfordringar for landbruket. I eit internasjonalt perspektiv vil trugsmåla mot genetisk variasjon hindre utvikling av eit berekraftig landbruk. Avskoging, marginalisering av populasjonar, sjukdomsutbrott og klimaendringar trugar dei skogstregenetiske ressursane. Endra klima er ei utfordring, og vil krevje tilpassa plante- og dyremateriale. Internasjonale konvensjonar og avtalar stadfestar at Noreg har eit ansvar for å forvalte dei genetiske ressursane sine på ein berekraftig måte.
Over post 71 blir det løyvd midlar til ei rekkje tiltak og prosjekt som er viktige for å følgje opp strategiplanen for genressursforvaltning og handlingsplanane for vern og berekraftig bruk av genetiske ressursar i kulturplanter, husdyr og skogstre. Landbruksdirektoratet forvaltar tilskott til genressurstiltak og nye retningsliner blei fastsett av Landbruksdirektoratet i samråd med Landbruks- og matdepartementet 1.12.2015. Formålet med tilskottet er å styrkje berekraftig bruk, utvikling og bevaring av genetiske ressursar innan planter, husdyr og skogstre som er eller kan bli viktige for mat og landbruk i Noreg.
Sikker drift og utviding av genbankar og kartlegging av nasjonale genressursar innanfor planter, husdyr og skogstre er sentrale oppgåver for bruken av desse midlane. Dei skal også bidra til berekraftige avlsprogram for små populasjonar av nasjonale husdyrrasar og rett skjøtsel av klonarkiv og av det genetiske og biologiske mangfaldet i kulturlandskapet. Det skal også leggjast vekt på mellom anna klargjering av rett til, tilgang til og handsaming av genetiske ressursar i tråd med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og utgreiing av følgjene av nye utfordringar som til dømes klimaendringar.
Departementet vil aktivt følgje opp samarbeidet under Nordisk ministerråd og i NordGen, mellom anna det nordiske samarbeidet om frøforedling som er eit viktig langsiktig tiltak for å utvikle klimatilpassa plantemateriale. Innanfor NordGen er den faglege verksemda knytt til husdyr og skogstre lokalisert i Noreg, og departementet gjer framlegg om støtte til denne verksemda i NordGen med 1,85 mill. kroner. Det er eit mål å utnytte synergieffektar som ligg i samlokalisering med Norsk genressurssenter. Det er også sett av midlar på posten til plantetraktaten sitt fond for nyttefordeling til oppfølging av lovnaden Noreg gav ved opninga av Svalbard globale frøhvelv, om å gi ei årleg støtte som svarar til 0,1 pst. av verdien av årleg omsett såvare. Midlane går til bønder i utviklingsland og den berekraftige bruken deira av plantemangfald for å sikre lokal matsikkerheit.
Over posten vil det bli gitt tilskott til drift av Svalbard globale frøhvelv og til informasjonsverksemd. Oppslutninga om frølageret på Svalbard blant verda sine genbankar er god, og det er innleidd langsiktig samarbeid med mange av desse. Den store interessa for det globale frølageret i internasjonale media og hos allmenta held fram. Dette viser at Svalbard globale frøhvelv er eigna til å gi auka forståing og medvit om plantemangfald og matvaresikring.
Kunnskapsoppbygging i MiS-prosjekta om biologisk mangfald og om kulturminne og miljøregistreringar i skogbruksplanlegginga held fram i 2017, og departementet gjer framlegg om ei løyving på 4,55 mill. kroner til dette. Slikt arbeid er avgjerande for ei kunnskapsbasert registrering, overvaking og forvaltning av naturmangfaldet. Det er viktig at skogbruket og utmarksnæringa har best mogleg kunnskap om miljøverdiane i skogen og kan ta omsyn til desse. Prosjektet tek sikte på å følgje opp resultat og erfaringar i vidare arbeid med å utvikle gode og konkrete råd om miljøomsyn i skogbruket, og registreringane vil framleis bli nytta i arbeidet med å finne område aktuelle for frivillig vern.
Oppdaterte ressurs- og miljødata frå skogbruksplanlegginga blir forvalta av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) på oppdrag frå Landbruksdirektoratet. I karttenesta Kilden hos NIBIO er relevant miljøinformasjon samla og tilpassa behova til næring og offentleg forvaltning i ein Skogportal. Skogportalen er utvikla i samarbeid mellom Landbruks- og matdepartementet, Landbruksdirektoratet og PEFC-Norge. Artsdatabanken og Miljødirektoratet har vore med på å leggje til rette og levere data til denne nettportalen frå databasane sine.
Natur i Noreg (NiN) er eit system som skildrar all natur i Noreg, og i 2017 blir det arbeidd vidare for å sjå på korleis MiS kan bruke eit slikt nasjonalt, standardisert rammeverk. NiN blir heldt ved like og vidareutvikla av Artsdatabanken.
NIBIO tek sikte på å leggje fram ein rapport i 2017 frå samarbeidet med NIKU om bruk av fjernmålingsdata (LIDAR) for å samanlikne med data frå Riksantikvarens database over freda kulturminne (Askeladden) med sikte på eventuelt å kunne innarbeide informasjon om kulturminne i skogbruksplanlegginga.
Departementet gjer også framlegg om ei løyving på 3,147 mill. kroner til Norsk Fjordhest-senter og Nord-Norsk Hestesenter til oppgåver dei utfører mellom anna i samarbeid med raselaga, for å fremje og bevare dei to nasjonale rasane fjordhest og nordlandshest/lyngshest. Desse sentera fekk saman 1,5 mill. kroner i eingongsstøtte under handsaminga av revidert budsjett i 2015. Departementet har sett ned ei gruppe som skal vurdere bruk av genbevaringsmidla og komme med framlegg som skal vere retningsgivande for budsjettposten.
Departementet vil føre vidare støtta til stiftingane Det norske arboret og Norsk Hjortesenter. Norsk Hjortesenter, som kompetansesenter, skal arbeide vidare for at både viltlevande hjort og hjort i oppdrett kan gi grunnlag for auka næringsutvikling og verdiskaping generelt, og i landbruket spesielt.
Kap. 1141 Kunnskapsutvikling m.m. innan miljø- og næringstiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
50 | Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse | 12 703 | ||
52 | Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar, skog og landskap | 51 048 | ||
Sum kap. 1141 | 63 751 |
Post 50 Næringsøkonomisk dokumentasjon og analyse
Formål med løyvinga
Midlane på posten skal nyttast til å få fram kunnskap om føretaksøkonomi, nasjonal og internasjonal landbrukspolitikk og verdikjeda for matvarer. Dette er viktig i arbeidet for å nå landbrukspolitiske mål om matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk.
Rapportering 2015
Midlane på posten blei for første halvår 2015 tildelte Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (NILF). Frå andre halvår blei instituttet ein del av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Heilskapleg rapportering for kalenderåret 2015 går fram av kapittel 1136, post 50. For omtale av budsjettframlegget for 2017, sjå kap. 1136.
Post 52 Kunnskapsutvikling og kunnskapsformidling om arealressursar, skog og landskap
Formål med løyvinga
Midlane på posten er nytta til å få fram kunnskap om ressursar og miljøverdiar. Slik kunnskap er ein føresetnad for å sikre berekraftig verdiskaping og næringsutvikling basert på arealressursane og for ei god forvaltning av genressursane. Dette er viktig for å nå landbrukspolitiske mål om nok og trygg mat, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Løyvingar til kunnskapsutvikling om ressursar og areal ved Norsk institutt for skog og landskap er også omfatta av posten.
Rapportering 2015
Midlane på posten blei for første halvår 2015 tildelte Norsk institutt for skog og landskap. Frå andre halvår blei instituttet ein del av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO). Heilskapleg rapportering for kalenderåret 2015 går fram av kapittel 1136, post 50. For omtale av budsjettframlegget for 2017, sjå kap. 1136.
Kap. 1142 Landbruksdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
01 | Driftsutgifter | 241 885 | 219 711 | 225 564 |
45 | Større utstyrskjøp og vedlikehald, kan overførast | 6 017 | 1 876 | 1 299 |
50 | Arealressurskart | 7 616 | 7 617 | |
60 | Tilskott til veterinærdekning | 134 933 | 138 846 | 142 664 |
70 | Tilskott til fjellstover | 768 | 797 | 808 |
71 | Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kan overførast | 5 702 | 9 519 | 4 400 |
72 | Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite, overslagsløyving | 270 | 302 | 302 |
73 | Tilskott til erstatningar mv. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon, overslagsløyving | 52 153 | 45 610 | 55 610 |
74 | Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagt beitenekt | 1 000 | 1 000 | |
80 | Radioaktivitetstiltak, kan overførast | 402 | 2 500 | 500 |
Sum kap. 1142 | 442 131 | 427 777 | 439 764 |
Post 01 Driftsutgifter
Formål med løyvinga
Hovudformålet med løyvinga er drift av Landbruksdirektoratet.
Landbruksdirektoratet er eit utøvande forvaltningsorgan for dei sentrale landbrukspolitiske verkemidla og eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet er også sekretariat for Omsetnadsrådet, Reindriftsstyret, Styret for Statens naturskadeordning, Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt, Styret for forskingsmiddel over jordbruksavtalen, Styret for Utviklingsfondet for skogbruket, Styret for Reindriftas utviklingsfond og Marknadsutvalet for reinsdyrkjøtt.
Hovudoppgåva til Landbruksdirektoratet er samordna, heilskapleg og effektiv forvaltning av økonomiske og juridiske verkemiddel retta mot primærlandbruket, landbruksbasert næringsmiddelindustri og handel. Verkemidla på området, som Landbruksdirektoratet skal forvalte i samsvar med lov/forskrift/regelverk for ordningane, skal bidra til god måloppnåing innanfor hovudmåla for landbruks- og matpolitikken. Landbruksdirektoratet skal gjennom kontroll og oppfølging ved avvik bidra til å sikre at verkemidla blir forvalta trygt og effektivt i samsvar med regelverket.
Landbruksdirektoratet skal i tillegg til å administrere dei ulike ordningane, også vere eit støtte- og utgreiingsorgan for Landbruks- og matdepartementet. Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over utviklingstrekk i ressursgrunnlaget og heile verdikjeda, bidra til erfaringsutveksling med næringa og samarbeid med anna forvaltning, ha god kunnskap om resultatoppnåing mot gjeldande politiske mål og gi innspel til Landbruks- og matdepartementet om utvikling av verkemiddel, under dette forenkling. Landbruksdirektoratet skal drive formidling av fag- og forvaltningskompetanse og av landbruks- og matpolitikk til regional og lokal forvaltning. Landbruksdirektoratet skal samarbeide med fylkesmennene for å bidra til god lov- og tilskottsforvaltning på regionalt og lokalt nivå, mellom anna kontroll.
Landbruksdirektoratet har følgjande forvaltningsområde:
Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk
Reindrift
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
Marknadstiltak, handel og industri
Administrasjon
Rapportering 2015
Statens landbruksforvaltning (SLF) og Statens reindriftsforvaltning (SRF) blei slått saman til Landbruksdirektoratet 1. juli 2014. Samanslåinga prega i stor grad verksemda i direktoratet også i 2015, særskilt knytt til administrativ samordning av verksemda. Direktoratet la i 2015 vekt på å vidareutvikle verksemda og tenestene direktoratet tilbyr, og å setje organisasjonen betre i stand til å løyse oppgåvene sine. Oppdraget med å styrkje Avdeling reindrift har stått sentralt.
I 2015 leverte Landbruksdirektoratet eit omfattande utgreiingsmateriale til jordbruksoppgjeret. Direktoratet har også vore ein sentral bidragsytar i sekretariata til dei mange utvala og arbeidsgruppene som greier ut landbrukspolitikken for framtida.
Landbruksdirektoratet skal bidra med å sikre ei økologisk berekraftig reindrift, og for første gong på mange år var talet på rein i 2015 om lag i samsvar med fastsett tal i bruksreglane. I enkelte siidaar var det likevel nokre få siidaandelar som hadde for mange rein, og i 2015 har arbeidet vore konsentrert om å følgje opp desse.
I 2015 var Landbruksdirektoratet prega av omfattande arbeid med IKT-utvikling. Den viktigaste kanalen for kommunikasjon mellom direktoratet og brukarane er nettportalen www.landbruksdirektoratet.no.
Ny naturskadeerstatningslov tek til å gjelde 1.1.2017. Lova inneber endringar i regelverket som krev ei ny IKT-løysing for erstatningsordninga for naturskadar. Dette arbeidet blei sett i gang i 2015 og vil bli sluttført i 2016, jf. omtale under kap. 1148, post 22.
Eksisterande IKT-løysingar for produksjonstilskott vil i 2017 bli erstatta av eit nytt IKT-system. Arbeidet med ny løysing starta i 2015, og utviklinga vil også halde fram gjennom 2016. Parallelt blir det gjennomført ei omlegging av forvaltningsmodellen for produksjonstilskotta, noko som blir mogleg ved innføring av nytt IKT-system.
I 2015 gjennomførte direktoratet også eit stort arbeid med samordning av IKT-løysingar for dei to etatane som blei slått saman, Statens landbruksforvaltning og Statens reindriftsforvaltning. I tillegg til desse større prosjekta har direktoratet i 2015 kontinuerleg gjennomført større og mindre utviklingsarbeid innanfor IKT-området.
Landbruksdirektoratet etablerte i 2014 ei løysing for å gjere offentlege data tilgjengeleg hos Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI). Gjennom 2015 har publiseringa halde fram, slik at direktoratet no har publisert til saman 20 datasett.
I 2015 har direktoratet utvikla og teke i bruk ei ny løysing for å rapportere inn omsetnad av virke i skogbruket.
Landbruksdirektoratet følgjer opp at fylkesmennene utfører det regionale kontrollansvaret på landbruksområdet på ein god måte. Fylkesmannen utfører forvaltningskontrollar av kommunane og føretakskontrollar. Også innan reindriftsforvaltninga har fylkesmennene ei sentral rolle, mellom anna med kontroll av Melding om reindrift frå alle reindriftsutøvarane.
Landbruksdirektoratet har i 2015 hatt eit nært samarbeid med Tolldirektoratet og tollregionane der felles utfordringar er tekne opp.
Landbruksdirektoratet samarbeider med miljøforvaltninga i areal og miljøsaker. I 2015 blei det inngått samarbeidsavtale med Miljødirektoratet.
Samarbeidsavtalen mellom Landbruksdirektoratet og Mattilsynet skal sikre informasjons- og kompetanseutvikling, og leggje grunnlaget for betre tenester til brukarane. I 2015 har det mellom anna vore omfattande samarbeid om antibiotikaresistente bakteriar (MRSA).
Nærare omtale av aktiviteten i Landbruksdirektoratet i 2015 finst i årsrapporten for 2015 på www.landbruksdirektoratet.no.
Budsjettframlegg 2017
Løyvinga skal dekkje driftsutgiftene til Landbruksdirektoratet. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 225,564 mill. kroner i 2017. Som følgje av overføring av oppgåver frå Politi- og lensmannsetaten til Landbruksdirektoratet i samband med at takst av naturskadar ikkje lenger skal fastsetjast ved lensmannsskjønn, er budsjettmidlar svarande til to årsverk overførte frå Justisdepartementet under Politi- og lensmannsetatens driftsbudsjett, kapittel 440, post 01 til direktoratets driftsbudsjett, kapittel 1142, post 01, med verknad frå 1.1.2017. Beløpet er sett til 1,9 mill. kroner.
Frå 1. januar 2014 blei dei fem nordlegaste fylkesmennene regional reindriftsmyndigheit. Fylkesmennene har fram til no blitt finansert gjennom ei belastningsfullmakt på kapittel 1142. Frå 2017 er det rammeoverført vel 26 mill. kroner frå kapittel 1142 til kapittel 525. Overføringa på vel 26 mill. kroner blir finansiert med 23,622 mill. kroner frå post 01, 1,4 mill. kroner frå post 71 og 1,0 mill. kroner frå post 80.
I tillegg til endringar som følgje av løns- og prisvekst og regjeringa si avbyråkratiserings- og effektiviseringsreform, er løyvinga korrigert som følgje av feil ved meirverdiavgiftsberekninga, jf. tidlegare korrigeringar i budsjetta for 2015 og 2016. I talet inngår også premie til Statens pensjonskasse, jf. omtale i Gul bok.
Under følgjer nærare omtale av viktige oppgåver innanfor dei enkelte forvaltningsområda i 2017.
Areal, skogbruk, ressursforvaltning og økologisk landbruk
Landbruksdirektoratet vil i 2017 vidareføre arbeidet med å bidra til eit berekraftig skogbruk og til ein effektiv infrastruktur i skogen. Iverksetjing av klimatiltak i skog vil bli følgd opp i samarbeid med Miljødirektoratet.
Når det gjeld klima- og miljøomsyn i jordbruket, vil Landbruksdirektoratet vidareutvikle tiltaka med sikte på forenkling og målretting til det beste for klima, miljø og næring. Regional og lokal oppfølging av vassforskrifta og arbeid med kulturlandskap vil også vere viktige oppgåver for Landbruksdirektoratet i 2017. Landbruksdirektoratet skal ha oversikt over praktiseringa av naturmangfaldlova på landbruksområdet. Det er naudsynt med merksemd på jordvern både lokalt og sentralt for å ta vare på god matjord, jf. regjeringa sin jordvernstrategi og Stortinget si handsaming, som direktoratet vil arbeide med å følgje opp. Landbruksdirektoratet vil vidareføre samarbeidet med Miljødirektoratet på klima- og miljøområdet. Landbruksdirektoratet skal ivareta den landbruksfaglege sida av den todelte målsetjinga i rovviltpolitikken og leggje til rette informasjon om utviklinga i beitenæringane (husdyr, rein).
Arbeidet med å utarbeide ein strategi for økologisk landbruk er sett i gang. Landbruksdirektoratet vil bidra til dette arbeidet og følgje opp utviklinga når det gjeld produksjon og omsetnad av økologiske landbruksvarer.
Frå 1.1.2017 gjeld den nye naturskadeerstatningslova. Landbruksdirektoratet vil i 2017 leggje vekt på informasjon om den nye lova og det nye søknadssystemet som er utvikla. Samstundes skal erstatningssaker etter dagens naturskadelov avsluttast.
Reindrift
Eit tilpassa beitetrykk til beitegrunnlaget er den mest alvorlege og krevjande utfordringa reindrifta står overfor. Den er særleg alvorleg fordi ei forsvarleg ressursutnytting er avgjerande for den samiske reindrifta si framtid i store delar av Finnmark. Sikring av eit stabilt reintal og oppfølging av dei siidaandelane og distrikta som har eit for høgt reintal, har difor høgaste prioritet også i 2017. Ein førebels gjennomgang av Melding om reindrift for driftsåret 2015/2016 viser at reintalet i Aust-Finnmark ligg under det fastsette. For Vest-Finnmark ligg reintalet om lag 1 000 rein over det fastsette. Enkelte siidaar har auka reintalet sitt. Av siidaandelane som hittil har fått pålegg om tilpassing, har enkelte enno ikkje følgt opp gitte vedtak. Reindriftsstyret vil følgje opp desse i samsvar med reindriftslova sitt kapittel om sanksjonar. I tillegg skal direktoratet saman med Fylkesmannen til ei kvar tid vurdere reintalsituasjonen i den enkelte siidaen og setje i verk naudsynte tiltak. Det vil også bli gjennomført offentleg kontrollerte teljingar hausten 2016. Ved større avvik mellom teljing og rapporteringane til reineigarane, vil det bli sett inn tiltak.
Det er naudsynt med auka kunnskap om dei ulike årsakene til tap i reindrifta og om samspelet mellom desse. Det er viktig å vidareføre arbeidet med å stimulere til auka slakting og eit berekraftig reintal i Finnmark. For å ha kontroll med utviklinga i reindrifta, skal Landbruksdirektoratet hente inn og gjere tilgjengeleg naudsynte grunnlagsdata, mellom anna om beitetilhøva og slaktevekter.
Direktoratet skal halde fram med å etablere samarbeid med andre offentlege organ, og gjere desse kjende med behovet i reindrifta for samanhengande areal og konsekvensane av ulike tiltak innanfor reinbeiteland for reindrifta. Vidare skal Landbruksdirektoratet arbeide for ei betre sikring av areala til reindrifta, arbeide for å dokumentere arealbruken og gjere denne kjent for kommunar og fylke.
Landbruksdirektoratet skal, saman med organa til næringa og andre aktørar, bidra til at dei økonomiske ressursane over reindriftsavtalen blir nytta på ein formålstenleg måte som gir størst verknad og verdiskaping. Ei viktig oppgåve for direktoratet er å leggje til rette for samspel i verdikjeda.
Landbruks- og matdepartementet ber om fullmakt til å overskride løyvinga under posten med inntil 0,5 mill. kroner ved forskottering av utgifter til tvangsflytting av rein, jf. framlegg til vedtak III.
Inntekts- og velferdspolitiske tiltak
Innspel til forenkling og forbetringar av verkemidla i jordbruksavtalen er viktig også i 2017.
I 2017 vil Landbruksdirektoratet leggje vekt på å vidareutvikle den nettbaserte forvaltninga av tilskott og kvoteordninga for mjølk, med sikte på å bli meir brukarvennleg og å auke kvaliteten i forvaltninga.
For å ivareta naudsynt grad av driftssikkerheit, auke effektiviteten og leggje til rette for kontroll i forvaltninga av produksjonstilskotta og tilskott til avløysing ved ferie og fritid, vil Landbruksdirektoratet fram til 2017 utvikle eit nytt IKT-system for produksjons- og avløysartilskotta. Dette skal byggje på forvaltningssystemet eStil, som er teke i bruk i forvaltninga av regionale miljøprogram, jf. kap. 1150, post 21.
Marknadstiltak, handel og industri
Landbruksdirektoratet vil i 2017 arbeide for å sikre ei god forvaltning av dei ulike marknadsordningane for jordbruksråvarer. Landbruksdirektoratet vil vidareføre arbeidet med faglege analysar og grunnlagsmateriale til bruk i internasjonale forhandlingar (WTO, EU, EFTA). Marknadsovervaking med rapportering og analyse av nasjonale og internasjonale marknader for jordbruksråvarer er viktig.
Landbruksdirektoratet vil halde fram med å følgje nøye med på konkurransesituasjonen til den mest konkurranseutsette industrien som foredlar jordbruksråvarer (RÅK-industrien).
Landbruksdirektoratet vil forvalte importvernet for landbruksvarer i tråd med unilaterale, bilaterale og multilaterale forpliktingar, der avsetning for norske landbruksvarer er eit viktig mål.
Administrasjon
Landbruksdirektoratet vil i 2017 halde fram med å vidareutvikle datasystema slik at desse blir meir brukarvennlege og bidreg til effektivisering og god informasjonssikkerheit. Landbruksdirektoratet har som mål å levere alle tenestene sine digitalt der det er formålstenleg, og avvikle manuelle tenester som ikkje krev nærleik til brukaren. I 2017 vil nytt system for forvaltning av produksjonstilskott i jordbruket bli sluttført og teke i bruk. Direktoratet vil starte opp utvikling av nytt forvaltningssystem for ordningar under LUF m.m., jf. omtale i Prop. 127 S (2014–2015) kap. 7.12.1. Eit tredje system, ny IKT-løysning for naturskadeerstatning, blir teke i bruk frå og med årsskiftet 2016/2017 i samband med at nytt lovverk tek til å gjelde.
Arbeidet med sikkerheit og beredskap vil vere eit viktig område også i 2017.
Landbruksdirektoratet skal vidareutvikle styringssystema i verksemda, mellom anna innan internkontroll og halde fram arbeidet med å effektivisere verksemda og tenestene.
Post 45 Større utstyrskjøp og vedlikehald
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje utgiftene til oppfølging av Noreg sitt ansvar ved gjennomføring av ny reingjerdekonvensjon med Finland og for grensegjerda mot Sverige, Finland og Russland.
Posten skal også dekkje utgiftene til oppfølging av reinbeiteavtalar i Rørosregionen og til vedlikehald av konfliktførebyggande gjerde i Hammerfest. I tillegg skal posten dekkje eventuelle erstatningskrav frå finske styresmakter i samsvar med den gjeldande reingjerdekonvensjonen mellom Noreg og Finland og etablering av eit samla informasjonssystem for areal- og ressursovervaking for reindrifta.
Rapportering 2015
I samband med flytting til nye lokale i 2015 for Landbruksdirektoratet, avdeling reindrift i Alta, har det vore behov for å kjøpe ein del nytt inventar, jf. Prop. 26 S (2015–2016). Det er gjennomført vedlikehald av grensegjerde i 2015. Digitalisering av reindriftas arealbrukskart er starta.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1,299 mill. kroner.
Post 50 Arealressurskart
Formål med løyvinga
Over posten blir det gitt støtte til vedlikehald av arealressurskart (AR5) som gir næringsdrivande og forvaltninga tilgang til arealinformasjon av høg kvalitet.
Rapportering 2015
Posten blei oppretta i 2016. Løyvinga blei flytta frå kap. 1139, post 70. Sjå denne for rapportering for 2015.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 7,617 mill. kroner i 2017.
Post 60 Tilskott til veterinærdekning
Formål med løyvinga
Formålet med tilskottet er å bidra til tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell. Tilskottet blir gitt til kommunane, som etter dyrehelsepersonellova skal sørgje for tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell (veterinærar).
Rapportering 2015
Hovuddelen av midlane har blitt nytta til vaktgodtgjering for veterinærar som deltek i klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane har blitt fordelte mellom kommunane ut i frå vaktinndeling. Ein mindre del av løyvinga har vore nytta til stimuleringstiltak for å sikre generell tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Eit mindre beløp har tilsvarande vore nytta på Svalbard.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om 142,664 mill. kroner i tilskott til veterinærdekning i kommunane.
Hovuddelen av den føreslåtte løyvinga på posten, om lag 123 mill. kroner, er tilskott til klinisk veterinærvakt utanom ordinær arbeidstid. Midlane blir fordelte til kommunane ut i frå fastsett vaktinndeling.
Framlegget til løyving omfattar også om lag 14 mill. kroner som kommunane kan nytte til stimuleringstiltak for å sikre tilfredsstillande tilgang på tenester frå dyrehelsepersonell i næringssvake distrikt. Midlane vil bli prioriterte til kommunar som har problem med å få stabil tilgang til veterinærtenester, og som legg planar for gode, lokale løysingar. Departementet legg til grunn at om lag ein firedel av kommunane i landet vil fylle kriteria for å kunne søkje midlar frå denne delen av løyvinga. Eit mindre beløp kan tilsvarande nyttast på Svalbard.
I framlegget er det også lagt inn om lag 5,5 mill. kroner til administrative kostnader for kommunane.
Post 70 Tilskott til fjellstover
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å halde oppe tryggleiken i veglaust terreng for mellom anna reingjetarar. Departementet har i dag tre statseigde fjellstover – Joatka, Mollisjok og Ravnastua. Fjellstovene blir drivne på kontrakt med Landbruksdirektoratet. Fjellstovene har plikt til å halde ope heile året.
Rapportering 2015
Det er gitt tilskott til alle fjellstovene.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 808 000 kroner.
Post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å finansiere ulike tilpassingar og tiltak for å leggje til rette for ei berekraftig reindrift i Finnmark.
Auka kunnskap om produksjon og tap vil vere viktig, både for å dempe konfliktar og for ei berekraftig forvaltning av reindriftsnæringa. Utgifter til auka kunnskap om produksjon og tap i reindrifta, blir dekte over denne posten.
Utover dette har formålet med løyvinga vore å dekkje ei rekkje tiltak for å følgje opp reindriftslova av 2007 og enkelte utviklings- og utgreiingskostnader.
Rapportering 2015
Det er gjennomført reinteljing i Finnmark 2015. Det blei og arrangert eit lovseminar og ei fagsamling for fylkesmennene i 2015.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 4,4 mill. kroner til omstillingstiltak i Indre Finnmark.
Utfordringa med å følgje opp godkjende bruksreglar er størst i dei distrikta i Finnmark der talet på rein ikkje er i samsvar med beiteressursane, og der talet på utøvarar er for høgt til at målet om økonomisk berekraft blir nådd. Det krev ekstra arbeid å følgje opp desse distrikta. Utover bruk av reglane etter reindriftslova, inneber oppfølginga mellom anna at ein skal leggje til rette for fellestiltak for betre infrastruktur og at ein framleis stimulerer aktivt til auka slakting og omsetnad av reinsdyrkjøtt. Kva for tiltak som blir sett i verk og finansierte over posten, vil vere avhengig av mellom anna situasjonen i det enkelte distriktet og den til ei kvar tid gjeldande marknadssituasjonen.
Utgifter til teljing av rein og digitalisering av kart i Finnmark, nettverks- og kompetansetiltak i samband med at fylkesmennene blei regional reindriftsmyndigheit frå 1.1.2014, blir dekte over posten. Vidare skal posten dekkje utgifter til overvakingsprogrammet for Finnmarksvidda, og enkelte utviklings- og utgreiingskostnader.
Post 72 Erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite
Formål med løyvinga
Løyvinga skal dekkje erstatningar ved ekspropriasjon og leige av rett til reinbeite i Trollheimen, jf. føresetnadene i overskjønnet heimla av Frostating lagmannsrett 2.9.1999 og inngåtte reinbeiteavtalar.
Rapportering 2015
Det blei i 2015 utbetalt fastsette årlege erstatningar til 45 personar.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 302 000 kroner for å dekkje utgifter til erstatningar ved ekspropriasjon av rett til reinbeite i Trollheimen og til beiteleige i samsvar med inngåtte reinbeiteavtalar i Trollheimen.
Post 73 Tilskott til erstatningar mv. etter offentlege pålegg i plante- og husdyrproduksjon
Formål med løyvinga
Formålet med tilskottet er å gi produsentar erstatning for tap og dekning av visse utgifter i samband med pålagde tiltak mot sjukdommar, smittestoff og skadegjerarar hos dyr og planter, jf. § 22 i Ot.prp. nr. 100 (2002–2003) Om lov om matproduksjon og mattryggleik mv. (matlova). Tilskottet skal også dekkje tap i samband med tiltak som blir sett i verk som følgje av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA) i svinehaldet, tiltak for å redusere innhaldet av radioaktivitet i storfe og småfe og visse andre kompensasjonar for å lette etterleving av krava i matlova og plikter i primærproduksjonen, jf. matlova § 31.
Rapportering 2015
Det blei utbetalt erstatning for bekjemping av 6 ulike former for sjukdom og smitte, fordelt på 12 fylke.
Om lag 34 mill. kroner blei utbetalt etter påvising og sanering av MRSA hos svin. Dei største utbetalingane gjekk til Rogaland og Nord-Trøndelag. Kompensasjon, som blir gitt ved sanering av MRSA i svinehald, kjem i tillegg til ordinær erstatning ved pålagt nedslakting. Det blei utbetalt kompensasjon til 6 føretak i Rogaland, Hedmark og Oppland.
Den største delen av utbetalingane etter utbrot av planteskadegjerarar gjekk til kamp mot skadegjerarar i veksthusproduksjonen, heksekost i epleproduksjonen og lys ringråte i potetproduksjonen.
Landbruksdirektoratet sørgjer for tilstrekkeleg lagerhald av produkt med berlinerblått, som førebyggande tiltak ved radioaktivitet i beiteområde. Lagervolumet våren 2015 var lågt, og Landbruksdirektoratet supplerte med eit volum tilsvarande om lag. 3 års venta forbruk.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei overslagsløyving på 55,610 mill. kroner.
Post 74 Kompensasjon til dyreeigarar som blir pålagd beitenekt
Formål med løyvinga
Løyvinga på posten blir nytta til å gi dyreeigarar økonomisk kompensasjon når Mattilsynet som følgje av fare for rovviltangrep, med heimel i dyrevelferdslova, har gjort vedtak om beiterestriksjonar for storfe og småfe.
Rapportering 2015
I 2015 blei det pålagt beiterestriksjonar på eitt føretak i Nord-Trøndelag, der kompensasjonen blir utbetalt i 2016.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 mill. kroner.
Post 80 Radioaktivitetstiltak
Formål med løyvinga
Staten sitt ansvar for å dekkje kostnader som følgje av radioaktivt nedfall etter Tsjernobyl-ulykka har som prinsipielt utgangspunkt det vedtaket som regjeringa fatta om økonomisk skadesløyse 31.7.1986. Regelverket for radioaktivitetstiltak i reindrifta blir fastsett etter dei same prosedyrane som forskriftene etter reindriftsavtalen.
Rapportering 2015
Forbruket varierer med behovet for radioaktivitetstiltak. I 2015 har det, i samsvar med dei seinare åra, vore eit avgrensa behov for tiltak.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 0,5 mill. kroner.
Kap. 4142 Landbruksdirektoratet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
01 | Driftsinntekter, refusjonar m.m. | 56 352 | 40 569 | 41 496 |
Sum kap. 4142 | 56 352 | 40 569 | 41 496 |
Post 01 Driftsinntekter, refusjonar m.m.
Posten gjeld driftsinntekter som Landbruksdirektoratet har knytt til m.a. sekretariatet for Omsetnadsrådet, Styret for fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt og Utviklingsfondet for skogbruket, administrasjon av ulike fond, prisutjamningsordninga og kvoteordninga for mjølk. Inntekter frå gebyr blir også førte på posten.
Kap. 1144 Regionale og lokale tiltak i landbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
77 | Regionale og lokale tiltak i landbruket, kan overførast | 9 505 | 4 118 | |
Sum kap. 1144 | 9 505 | 4 118 |
Post 77 Regionale og lokale tiltak i landbruket
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å:
styrkje Fylkesmannen si rolle som kompetansesenter for kommunane
bidra til desentralisering av ansvar og myndigheit til kommunane på landbruksområdet
Rapportering 2015
I 2015 blei det nytta 9,5 mill. kroner over kap. 1144 post 77. Midlar er nytta for å styrkje dialogen mellom fylkesmannen og den politiske og administrative leiinga i kommunane med omsyn til kommunane si rolle og ansvar innan landbrukspolitikken. I den samanheng er det også sett i verk kompetansehevande tiltak for kommunane si landbruksforvaltning.
Kommunane rapporterer på forvaltning av landbruksareal etter jordlova, plan- og bygningslova, konsesjonslova og odelslova gjennom rapporteringssystemet KOSTRA. Det har i 2015 blitt nytta midlar til oppfølging og vidareutvikling av dette rapporteringssystemet. Det er også løyvd midlar for å styrkje tilbodet om kompetanse for lokal og regional forvaltning innan samfunnsplanlegging via Sekretariat for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (Samplan/SEVS).
Det blei i 2015 løyvd særskilte midlar til Fylkesmannen i Finnmark for å koordinere prosjektsamarbeidet mellom Noreg og Russland på landbruksområdet.
Fylkesmannen i Sør-Trøndelag har i 2015 fått støtte til eit pilotprosjekt for å styrkje plan-, miljø- og landbrukskompetansen i kommunane i fylket.
Budsjettframlegg 2017
Kap.1144, post 77 utgår frå 2017. Delar av formåla som tidlegare har vore finanisert over posten vil bli dekte over kap. 1100, post 21.
Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
22 | Naturskade, administrasjon, kan overførast | 6 402 | 6 528 | |
71 | Naturskade, erstatningar, overslagsløyving | 144 789 | 182 200 | 169 000 |
Sum kap. 1148 | 151 191 | 188 728 | 169 000 |
Post 22 Naturskade, administrasjon
Formål med løyvinga
Stortinget vedtok våren 2014 ny lov om erstatning for naturskadar (naturskadeerstatningslova). Lova vil erstatte gjeldande naturskadelov med unntak av reglane om sikring mot naturskadar og tek til å gjelde 1.1.2017. Landbruksdirektoratet vil ha det administrative ansvaret for statens naturskadeordning også etter den nye lova. Handsaminga av skadesakene vil skje etter ein rein forvaltningsmodell. Løyvinga under posten har vore nytta til utvikling av nytt elektronisk søknads- og sakshandsamingssystem for ordninga. Departementet gjer ikkje framlegg om vidare løyving under posten.
Rapportering 2015
Arbeidet med utvikling av det nye søknads- og sakshandsamingsverktøyet for naturskadeerstatningsordninga starta opp i 2015. Det blei nytta 6,4 mill. kroner til dette arbeidet i 2015.
Post 71 Naturskade, erstatningar
Formål med løyvinga
Statens naturskadeordning gir erstatning for dei naturskadane det ikkje er mogleg å forsikre seg mot gjennom ei alminneleg forsikringsordning, og løyvinga skal nyttast til å dekkje desse utgiftene. Etter naturskadeerstatningslova blir søknadene om erstatning for naturskadar handsama etter ein rein forvaltningsmodell der Landbruksdirektoratet avgjer sakene (førsteinstans), mens klagene blir avgjorde av Klagenemnda for naturskadesaker (klageinstans). Direktoratet skal sørgje for at krav om erstatning for naturskadar blir handsama raskt og forsvarleg. Direktoratet skal dessutan raskt kunne setje inn ein målretta og utvida innsats når naturkatastrofar oppstår.
Som følgje av overføring av oppgåver frå Politi- og lensmannsetaten til Landbruksdirektoratet i samband med at takst av naturskadar ikkje lenger skal fastsetjast ved lensmannsskjønn, vil budsjettmidlar svarande til to årsverk bli overførte frå Justisdepartementet under Politi- og lensmannsetatens driftsbudsjett, kapittel 440, post 01 til Landbruks- og matdepartementet under Landbruksdirektoratets driftsbudsjett, kapittel 1142, post 01, med verknad frå 1.1.2017. Beløpet er sett til 1,9 mill. kroner.
Rapportering 2015
I 2015 blei det handsama 1 250 krav om erstatning med samla skadetakst på 186,0 mill. kroner. Samla utgjorde utbetalingane 137,5 mill. kroner. I tillegg blei det utbetalt 6,9 mill. kroner til dekning av takseringskostnader og FoU-tiltak. Størstedelen av erstatningsvedtaka i 2015 skreiv seg frå flaumskadar hausten 2014 på Vestlandet og flaumskadar hausten 2015 i Buskerud og Telemark.
Budsjettframlegg 2017
Klimaframskrivingar viser at vi i Noreg må rekne med meir ekstremvèr. Med ei slik utvikling kan det bli fleire og meir omfattande naturskadar i åra framover. Dei som blir råka av naturskade har på visse vilkår rett til erstatning over statens naturskadeordning etter naturskadeerstatningslova. I tillegg blir det dekt rettferdsvederlag, utgifter til mellom anna taksering av skadar, og naudsynte utgifter til ekstrahjelp og vedlikehald og utvikling av IKT-system for ordninga.
Erstatninga blir utbetalt etter at skaden er utbetra. Fristen for utbetring er tre år, og dette verkar inn på den årlege utbetalinga. Landbruksdirektoratet skal gi ei rask og forsvarleg handsaming av krav om erstatning som er heimla i naturskadeerstatningslova. Landbruks- og matdepartementet følgjer opp ordninga på bakgrunn av mellom anna styringsdialog, rapportar og informasjon om økonomi.
Landbruksdirektoratet kan gi tilsegn for inntil 2 mill. kroner til forskingsprosjekt, informasjonstiltak og andre aktivitetar som bidreg til å redusere skadeverknadene av framtidige naturulykker, eller å auke effekten av dei ressursane som blir nytta på naturskadeområdet.
Løyvinga skal dekkje innfriing av både nye tilsegner og uteståande tilsegner frå tidlegare år.
I samband med overgangen til den nye lova vil politiet bli oppmoda om å sende alle saker med skadedato i 2016 og tidlegare til handsaming så raskt som mogleg. Dette vil innebere at talet erstatningssaker i 2017 vil bli noko høgare enn for eit gjennomsnittsår.
Ut frå dette gjer departementet framlegg om ei løyving på 169,0 mill. kroner og ei tilsegnsfullmakt på 40,5 mill. kroner for 2017, jf. Tabell 2.7 og framlegg til vedtak IV.
Tabell 2.6 Tilsegnsfullmakt naturskadeerstatningar i 2017
(i 1 000 kr) | ||
---|---|---|
Ansvar per 1.1.2016 | 86,2 | |
+ | Forventa tilsegn i 2016 | 135,0 |
= | Sum | 221,2 |
- | Forventa erstatningsutbetalingar 2016 | 170,2 |
= | Ansvar per 31.12.2016 | 51,0 |
+ | FoU-tilskott, takseringskostnader o.a. | 8,5 |
+ | Forventa nye tilsegn i 2017 | 150,0 |
= | Sum | 209,5 |
Framlegg til løyving i 2017 | 169,0 | |
Tilsegnsfullmakt i 2017 | 40,5 |
Kap. 1149 Verdiskapings- og utviklingstiltak i skogbruket
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
51 | Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket | 3 592 | 3 670 | |
71 | Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket, kan overførast | 47 721 | 66 175 | 95 570 |
72 | Tilskott til trebaserte innovasjonsprogram, kan overførast | 33 328 | 19 500 | |
73 | Tilskott til skog-, klima- og energitiltak, kan overførast | 10 659 | 41 664 | 42 247 |
74 | Tiltak for industriell bruk av biomasse, kan overførast | 725 | 2 742 | |
Sum kap. 1149 | 96 025 | 133 751 | 137 817 |
Post 51 Tilskott til Utviklingsfondet for skogbruket
Formål med løyvinga
Bakgrunnen for opprettinga av Utviklingsfondet for skogbruket var ein avtale mellom Finansdepartementet og Skogbrukets Arbeidsgiverforening om kompensasjon for opphevinga av refusjon for bensinavgift ved bruk av motorsag i skogbruket.
Vedtektene for Utviklingsfondet for skogbruket blei fastsette ved kgl. res. datert 25.2.1977, med endringar sist av 4.12.2014. Fondet har hatt i oppgåve å støtte opp om forsking, utvikling, informasjon og opplæring innanfor skogbruket. I styret for fondet har offentleg forvaltning og private organisasjonar innanfor skogsektoren vore representerte. Landbruksdirektoratet er sekretær for fondet.
Rapportering 2015
I 2015 blei det løyvd 3,592 mill. kroner til fondet. Totalt fekk ni prosjekt og tre reisestipend tilskott.
Budsjettframlegg 2017
Det er lagt opp til å prioritere ein auke i midlar til å forbetre infrastrukturen i skogbruket, jf. kap 1149, post 71. Departementet gjer framlegg om å avvikle tilskottet til Utviklingsfondet for skogbruk frå 2017 og viser vidare til at regjeringa har varsla ei melding til Stortinget om skog- og trenæringa, der det blir gitt ein nærare omtale av infrastruktursatsinga.
Post 71 Tilskott til verdiskapingstiltak i skogbruket
Formål med løyvinga
Skogen gir viktige bidrag til sysselsetjing og verdiskaping i heile landet. Regjeringa vil leggje til rette for å vidareutvikle dei positive nærings-, energi- og klimabidraga frå skogen. Dette føreset at ein større del av det produktive skogarealet som kan drivast lønsamt, blir teke aktivt i bruk, med omsyn til mellom anna auka hogst, hausting av biobrensle og oppbygging av ny skog. Ein formålstenleg infrastruktur, med betre samanhengande standard frå skog til industri og vidare til marknadene, er eit satsingsområde for regjeringa. Ein god infrastruktur er avgjerande for konkurransekrafta til skogsektoren og for sektoren sitt positive bidrag til verdiskaping for distrikta og landet. Løyvinga skal bidra til modernisering og vidareutvikling av infrastruktur for transport og til andre verdiskapingstiltak i skogbruket.
Rapportering 2015
Det blei løyvd totalt 42,4 mill. kroner til infrastrukturtiltak i skogbruket over denne posten i 2015.
Av dette, blei 20 mill. kroner løyvd til vidareutvikling av skogsvegnettet. Desse midlane må sjåast i samband med midlar til same formålet over kapittel 1150, post 50. Løyvinga til tømmerkaier i 2015 var på 22,4 mill. kroner, i tillegg til midlar overført frå året før. Det blei løyvd midlar til Eikefjorden tømmerkai i Sogn og Fjordane, Surnadal Hamn i Møre og Romsdal og Finnsnes Regionhavn i Troms.
Budsjettframlegg 2017
Departementet vil forsterke satsinga på infrastruktur i skogbruket. Tilskott frå posten vil bli gitt til verdiskapingstiltak med vekt på tiltak som kan bidra til å redusere transportkostnadene. For å kunne gjennomføre ei effektiv planlegging av større infrastrukturtiltak, der investeringane skjer over fleire år, vil departementet frå 2017 bruke ein kombinasjon av løyving og tilsegnsfullmakt som verkemiddel.
Behova for investeringar i infrastruktur er store over heile landet, men utfordringane er ulike i kyst- og innlandsfylka. Mykje av den skogen som i dag er, eller som snart er hogstmoden, står langt frå veg eller i bratt og vanskeleg tilgjengeleg terreng. Dette gjeld særleg i mange av kystfylka. Ein stor del av skogsvegnettet i innlandsfylka er gamalt og treng opprusting for å tene dei transportbehova og dei krava som moderne transportutstyr stiller. Kommunale hovudplanar for skogsvegar er eit godt verktøy for å vidareutvikle skogsvegnettet. Tilskott til investeringar i nybygging og ombygging av skogsvegnettet er målretta og prioriterte tiltak for auka hogst og meir kostnadseffektiv tømmertransport. Gjennom tiltak som minskar faren for erosjon og lausmasseskred ved kraftig nedbør, vil desse investeringane også bidra til betre klimatilpassing av vegnettet i skogbruket.
Tilgang til kai og sjøtransport opnar for kostnadseffektive leveransar av trevirke og produktflyt til foredlingsindustri i Noreg og til marknader nasjonalt og internasjonalt. Tømmerkaier har blitt stadig viktigare som følgje av endringar i avsetningen av virke og marknadene for tømmer og treprodukt dei siste åra, også i etablerte skogområde på Sør- og Austlandet. Midlar over denne posten skal bidra til bygging og ombygging av kaier og kaiterminalar for rasjonell transport og logistikk av tømmer. Gode planprosessar og overføring av kunnskap og erfaringar frå prosjekt til prosjekt er viktig i dette arbeidet. Midlane til kai vil gi bidrag til aktivitet og sysselsetjing. Kaiprosjekt som blir prioritert allereie i 2016 er mellom andre Mandal i Vest-Agder og Ørsta i Møre og Romsdal.
For 2017 vil det bli lagt særleg vekt på at den auka ramma på posten gir rom for tilskott til kaiprosjekt som bidreg til aktivitet og sysselsetting i fylka med sysselsetjingsutfordringar.
Prosjekt som har komme langt i planlegginga er mellom andre Granvin i Hordaland. Under føresetnad av at prosjektet i Granvin møter kriteria som gjeld for kaitilskott, vil dette prosjektet stå for tur for tildeling i 2017. Det er Landbruksdirektoratet som forvaltar midlane til kaiprosjekt for departementet, og som, etter ein søknadsprosess, gir tilsegn.
Infrastrukturtiltaka bidreg til positive sysselsetjings- og verdiskapingseffektar og til å styrkje konkurransekrafta i skognæringa. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 95,570 mill. kroner for 2017. Sidan tilskotta ikkje alltid kjem til utbetaling same året som dei blir gitt tilsegn, gjer departementet også framlegg om ei tilsegnsfullmakt for 2017 på 75 mill. kroner, jf. framlegg til vedtak IV.
Post 72 Tilskott til Trebasert innovasjonsprogram
Formål med løyvinga
Auka bruk av tre er eit viktig tiltak både i nærings- og klimasamanheng. Tre utgjer ein liten del av materialbruken innan bygg- og anleggsbransjen, særleg liten er delen i byar og tettstadar der den største delen av byggeaktiviteten skjer. SINTEF har i ein rapport frå våren 2016 slått fast at bruk av tre i varige konstruksjonar kan halvere utsleppa av klimagassen CO2 sett i forhold til bruk av til dømes stål og betong.
Produktutvikling og kompetansebygging som gjer det rasjonelt og sikkert å byggje trehus i fleire etasjar er viktig for auka trebyggeri i urbane miljø. Utvikling av konkurransedyktige industrielle løysingar på dette området kan gi auka verdiskaping og energi- og klimavinstar.
Rapportering 2015
I 2015 blei ekstra innsats retta mot vekst i bedrifter og forprosjekt knytt til etablering av nyskapande miljø. Det blei løyvd 13,1 mill. kroner til 37 bedriftsretta prosjekt. Dette utgjer om lag 73 pst. av den samla ramma. Totalt 3 mill. kroner blei løyvd til sju bransjeprosjekt og 10,6 mill. kroner til mobilisering og administrasjon. Årsrapporten til Innovasjon Noreg for 2015 gir ein detaljert oversikt over prosjekta i Trebasert innovasjonsprogram.
Dei fleste prosjekta har retta seg mot vekst i bedrifter i form av produkt-/konseptutvikling i den enkelte bedrifta og utvikling i retning av høgare grad av industrialisering. Det har også blitt mobilisert til større samarbeid og det er sett i gang forarbeid til bedriftsnettverk. Dette handlar om ein regional skog-/treklynge i Innlandet, eit skogmobiliserande nettverk i Midt-Noreg og eit nasjonalt initiativ i industrialisert bruk av tre.
Trebasert innovasjonsprogram har i følgje ei etterundersøking frå SSB for 2015 ført til auka verdiskaping, ein vekst i talet på tilsette og auka omsetnad i verksemdene.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer ikkje framlegg om ei eiga løyving til auka bruk av tre i 2017. Det er lagt opp til å prioritere ein auke i midlar til å forbetre infrastrukturen i skogbruket, jf. kap 1149, post 71. Regjeringa har varsla ei melding til Stortinget om skog- og trenæringa, der det blir gitt ein nærare omtale av skogpolitiske prioriteringar, under dette infrastruktursatsinga.
Det er naturleg at næringa etter 15 år med offentleg innsats gjennom Trebasert Innovasjonsprogram og tidlegare ordningar, nå sjølv tek hand om utvikling av verdikjeda og nye produkt som kan styrkje lønsemda og konkurranseevna i næringa. Departementet legg til grunn at det framleis vil vere rom for å gi støtte til innovative prosjekt som fremjar bruken av tre som bygningsmateriale gjennom andre program i Innovasjon Noreg. I tillegg vil regjeringa opne for at midlar som er sett av til skogindustriinvesteringar også kan investerast i mogne unoterte bedrifter, jf. også Prop. 1 S (2016–2017) under Nærings- og fiskeridepartementet.
Post 73 Tilskott til skog-, klima- og energitiltak
Formål med løyvinga
Regjeringa vil styrkje dei klimapolitiske målsetjingane i forvaltninga av skog. Med bakgrunn i klimaforliket legg regjeringa opp til å føre ein aktiv berekraftig skogpolitikk gjennom tiltak som skal bidra til å auke karbonlageret i skogen. Tilskott til tettare planting ved forynging av skog, til gjødsling av skog og til skogplanteforedling er sentrale tiltak for dette.
Stiftelsen Det norske Skogfrøverk har til oppgåve å sikre forsyninga av skogfrø i Noreg. Departementet har bidrege til dette gjennom ein avtale med Skogfrøverket om forvaltningsoppåver frå 1995. Oppgåvene omfattar kontroll etter forskrift om skogfrø og skogplanter, produksjons- og utviklingsoppgåver og informasjons- og opplæringstiltak knytt til anlegg for frøproduksjon. Skogplanteforedling er ein viktig del av forvaltningsoppgåvene som no krev fornying av frøplantasjar med det beste materialet frå plantasjar etablert frå 1960–70-talet. Fornying av skogfrøplantasjar dei neste 10 åra er avgjerande både for ei satsing på skogplanteforedling som klimatiltak og for å halde oppe produksjonen av foredla frø som i dag. Det er også ønskjeleg at større delar av landet får tilgang til foredla frø gjennom etablering av nye frøplantasjar.
Klimatiltaka i skog vil bidra til å styrkje ressursgrunnlaget – og dermed grunnlaget for verdiskaping i skog- og trenæringa i eit langsiktig perspektiv.
Rapportering 2015
Det blei i 2015 gitt ei løyving på 4,804 mill. kroner til Stiftelsen Det norske Skogfrøverk for å styrkje skogplanteforedlinga. Midlar til forvaltningsoppgåver ved Skogfrøverket blei fram til 2015 løyvd over kap. 1139, post 71, og er rapportert der.
I samband med Revidert nasjonalbudsjett 2015 blei 14 av dei 15 mill. kronene som var sette av til planting av skog på nye areal over Klima- og miljødepartementet sitt budsjett, overført til kapittel 1149, post 73. Midlane blir forvalta av Landbruksdirektoratet og skal gå til eit treårig pilotprosjekt. Prosjektet kom så seint i gang at det blei eit svært lågt forbruk i 2015. Mesteparten av midlane er difor overførte til 2016.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei samla løyving på 42,247 mill. kroner i 2017 til klimatiltak i skog som oppfølging av klimaforliket. Ein del av desse midla skal nyttast til tettare planting ved forynging av skog, til gjødsling i skog og til skogplanteforedling. Landbruksdirektoratet forvaltar midlane som bli sett av til tettare planting og gjødsling. Departementet vil vidareføre løyvinga til klimatiltak på om lag det same nivået som i 2016.
Det er Skogfrøverket, i samarbeid med Norsk institutt for bioøkonomi, som driv planteforedlinga i Noreg. Oppgåvene ved Skogfrøverket er difor viktig for både den ordinære frøforsyninga og for vidareføring av satsinga på skogplanteforedling som klimatiltak.
Departementet gjer framlegg om å vidareføre løyvinga til langsiktig skogplanteforedling og utvikling av Skogfrøverket på om lag det same nivået i 2017.
Post 74 Tiltak for industriell bruk av biomasse
Formål med løyvinga
Eit mest mogleg omstillingsdyktig og tilstrekkeleg mangfaldig næringsliv er avgjerande for å sikre norsk konkurransekraft og framtidige arbeidsplassar. Det er eit stort potensial i å stimulere til vidareutvikling av produksjonsprosessar og ny næringsverksemd med utgangspunkt i fornybar biomasse frå primærnæringane.
Avansert teknologi gjer det mogleg å foredle råvarer frå primærnæringane, som til dømes trevirke, husdyrgjødsel og biprodukt frå slakteri- og fiskeforedling, til eit vidt spekter av verdifulle produkt som ingrediensar, kjemikaliar, materialar og energi. Det er mellom anna mogleg å auke bruken av fornybar biomasse, til dømes trevirke, som erstatning for meir ressurskrevjande eller oljebaserte produkt.
Det er også eit stort potensial i alternativ bruk av trevirke med sikte på utvikling av nye produkt og produksjonsmetodar. Tilrettelegging for ny næringsverksemd basert på skogressursane, vil opne for nye marknader for trevirke og auke verdien av tømmeret. Dette vil vere viktig for å auke aktiviteten i skogbruket i tråd med måla for skogpolitikken.
Rapportering 2015
Bioraffineringsprogrammet blei starta i 2013 som ein viktig del av Innovasjon Noregs bioøkonomisatsing. I 2015 blei det løyvd 2,7 mill. kroner til programmet over Landbruks- og matdepartementet sitt budsjett. Midlane har mellom anna gått til mobilisering og bevisstgjering av næringslivet om nye moglegheiter knytt til biobasert foredling, ny teknologi og nye marknadar. I 2015 har tilfanget av prosjekt knytt til oppskalering av nye produksjonsprosessar auka. Samla tilskott frå Bioraffineringsprogrammet til bedriftsleia forsking og utvikling var 19,2 mill. kroner over budsjetta til Landbruks- og matdepartementet, Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om at dei midlane som tidlegare er løyva over kap. 1149, post 74, blir flytta til kap.1137, post 70.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
01 | Driftsutgifter | 146 | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, kan overførast | 8 585 | 12 500 | 21 500 |
50 | Tilskott til Landbrukets Utviklingsfond (LUF) | 1 177 081 | 1 203 053 | 1 148 053 |
70 | Marknadsregulering, kan overførast | 258 228 | 291 600 | 315 100 |
71 | Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving | 20 154 | 43 000 | 43 000 |
73 | Pristilskott, overslagsløyving | 2 755 556 | 2 870 180 | 3 298 535 |
74 | Direkte tilskott, kan overførast | 8 403 955 | 8 139 710 | 7 965 410 |
77 | Utviklingstiltak, kan overførast | 261 708 | 246 880 | 246 380 |
78 | Velferdsordningar, kan overførast | 1 570 602 | 1 582 454 | 1 541 954 |
Sum kap. 1150 | 14 456 015 | 13 186 324 | 14 579 932 |
Formål med løyvingane
Kap. 1150 og kap. 4150 om jordbruksavtalen er basert på at jordbruket har forhandlingsrett med staten om prisar, tilskott og andre reglar for produksjon og omsetnad innanfor jordbruket. Ordningane under jordbruksavtalen er nokre av dei viktigaste verkemidla for å følgje opp måla og retningslinene i landbrukspolitikken.
For mange av postane er det underpostar der løyvinga er styrt av satsar per eining og omsøkt volum. Volumet på dei enkelte underpostane vil variere frå år til år. Difor ser departementet det som formålsteneleg at eit auka behov for midlar på ein underpost kan dekkjast inn med unytta midlar på ein annan underpost under løyvinga på same posten.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m. skal bidra til at måla for landbruks- og matpolitikken blir nådde. For meir om måla i jordbrukspolitikken for kommande budsjettperiode, sjå omtalen av dette i innleiinga i denne proposisjonen.
Fleire faktorar bidreg til at jordbruket i Noreg har eit høgt kostnadsnivå, som til dømes klima, topografi, at produksjonen etter internasjonale mål skjer i ein småskalastruktur og norsk pris- og kostnadsnivå generelt. Difor er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønsam produksjon over heile landet, og for å stimulere til god agronomi og berekraftig produksjon. Mange av tilskottsordningane verkar mot fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil også kunne påverke andre mål. Dette gjer at resultatmåling som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gir nokon fullgod informasjon.
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
Av både budsjettekniske omsyn og av omsyn til verkemåten til dei ulike økonomiske verkemidla, kan ein ikkje vurdere hovudmåla post for post på budsjettkapitlet. Difor er det heller ikkje mogleg å ha ei isolert særeigen resultatrapportering på kvar enkelt ordning. Verkemidla under jordbruksavtalen skal samla sett gi rammevilkår som gir ei god måloppnåing både for næringa og samfunnet.
Det er behov for tilpassingar når det gjeld normal prosedyre for tilskottforvaltning. I omtalen under dette kapitlet gjer departementet årleg greie for hovudtrekka i tilpassingane for ulike ordningar og om bruken av ulike aktørar i forvaltninga av ordningane.
Marknadsregulering og pristilskott/frakttilskott
Tilskott til produsert volum, til marknadsregulering og til frakt blir dekte over fleire ordningar under kap. 1150, postane 70 og 73, i nokon grad også under post 77. Satsane er baserte på fastsette kriterium, som produktgruppe, levert volum, distrikt m.m. Grunnlaget for tilskotta som blir utbetalte til produsentane via eit omsetnadsledd, vil normalt vere det same som grunnlaget for oppgjeret mellom omsetnadsledd og produsent. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Budsjettnemnda for jordbruket i samband med den årlege proposisjonen om jordbruksavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå heile forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar.
Tilskott som blir utbetalte via eit omsetnadsledd skil seg også frå normalprosedyren ved at tilskottsmottakarane normalt ikkje søkjer om tilskottet. Storleiken på tilskotta er ei direkte følgje av levert vare til omsetnadsleddet. Omsetnadsledda gjer ikkje eigne vurderingar ved forvaltninga av tilskotta. Dei blir difor ikkje rekna som tilskottsforvaltarar, men som medhjelparar. Vidare blir det ikkje sendt eigne tilskottsbrev til produsentane. Tilskottsbeløpet går normalt fram av avrekninga for kvar leveranse. Det blir heller ikkje kravd rapport, og det blir ikkje utført kontroll hos tilskottsmottakarane (produsentane) fordi tilskottet blir gitt mot levert vare. Naudsynt kontroll blir sikra ved kontroll hos omsetnadsledda som leverer grunnlaget for utbetalingane og som formidlar tilskottet til den enkelte produsenten. Samla sett bidreg dette til ei kostnadseffektiv forvaltning av ordningane.
Direkte tilskott og tilskott til velferdsordningar m.m.
Desse ordningane ligg under jordbruksavtalen kap. 1150, postane 74 og 78. Også under post 77 har ein slike ordningar. Dei direkte tilskotta er baserte på objektive kriterium som talet på dyr, areal, produksjonstype, mengd og distrikt. Satsane står i høve til løyvd beløp og prioriteringar mellom ulike produksjonstypar, produksjonsomfang og lokalisering av driftseiningane. Velferdsordningane består i hovudsak av refusjon av utgifter til avløysing for sjukdom og ferie/fritid. Ein står her overfor same problemstillinga når det gjeld målformulering og kriterium for måloppnåing som for tilskott til marknadsregulering, pris og frakt, sjå ovanfor. For ordningane med direkte tilskott og velferdsordningar, vil resultatrapporteringa også i hovudsak finne skje i rapporteringa i samband med proposisjonen om jordbruksoppgjeret. Det er heller ikkje for denne gruppa av ordningar aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane. Det gjeld også ordninga med tilskott til veterinære reiser der tilskott blir utbetalt etter søknad om refusjon av utgifter som allereie er oppsamla. Her kan det ikkje stillast vilkår til kva midlane skal nyttast til, eller krevjast rapportering om bruken av midlane.
Kollektive overføringar
På enkelte område er det administrativt meir effektivt å overføre tilskott samla frå departementet og/eller Landbruksdirektoratet og direkte til ein felles mottakar framfor først å utbetale tilskott til kvar produsent som igjen betalar inn til same sluttmottakar. Den auka godtgjersla i sjukepengeordninga for bønder er finansiert gjennom ei kollektiv overføring frå jordbruksavtalen til folketrygdfondet. Ei anna kollektiv overføring er innbetaling av omsetnadsavgift for frukt og grønt på post 70. Oppfølginga av desse ordningane vil vere å føre over løyvde beløp til rett mottakar. I tillegg må ein regelmessig vurdere om ordningane verkar som føresett, og om overføringane gir eit rett uttrykk for reelle utgifter.
Tilskott til skogkultur og miljøtiltak
Tilskott til skogkultur og miljøtiltak, som blir løyvd med heimel i forskrift om nærings- og miljøtiltak i skogbruket, blir utbetalte som ein refusjon av dokumenterte utgifter basert på ein søknad sendt kommunen etter at tiltaket er gjennomført. Det blir ikkje søkt om tilsegn på førehand, og kommunens tilskottsbrev inneheld ikkje spesifikke vilkår om kva tilskottet skal nyttast til eller om rapporteringskrav.
Kommunane utarbeider retningsliner for prioritering av tilskotta. Årlege kunngjeringar inneheld informasjon om kva for tiltak som er rettkomne for tilskott og om den maksimale delen av tiltaket som tilskottet dekkjer. Kontroll av tilskottet skjer ved søknadshandsaminga. Ved avgrensa løyvingssramme kan tilskottsdelen bli redusert. Den delen av tiltakskostnaden som ikkje blir dekt av tilskott kan dekkjast av skogfondsmidla til skogeigaren. Det dreier seg årleg om mange tusen tiltak, og tilskottsbeløpa er ofte relativt små. Rapporteringskravet blir dekt ved at spesifiseringa av tiltaket er registrert i Landbruksdirektoratets fagsystem for skogtiltak.
Forvaltning
Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadane til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142, til fylkesmennene over Kommunal- og moderniseringsdepartementets kap. 525 og til kommunane gjennom rammetilskottet frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det er ei særskilt løyving på kap. 1150, post 21 som skal dekkje kostnader i samband med utgreiingar i arbeidsgrupper, evalueringar og utvikling av nye IKT-/fagsystem i Landbruksdirektoratet. Det er ut frå erfaring usikkerheit knytt til kva for eit år desse kostnadane kjem til betaling. For å kunne ha naudsynt fleksibilitet, kan det framleis vere aktuelt å trekkje nokre utviklings- og utgreiingskostnader på enkelte av tilskottsordningane.
På nokre område skjer forvaltninga av tilskott gjennom organ som ikkje er ein del av statsforvaltninga. Dette gjeld særleg Innovasjon Noreg. Kommunane er førstelinemyndigheit for dei fleste økonomiske verkemidla på landbruks- og matområdet, og omsetnadsledda har som nemnt ovanfor, ei medhjelparrolle i utbetalinga av tilskott til produsentane. I samband med ikkje-statleg tilskottsforvaltning har departementet klargjort ansvar og oppgåver for desse aktørane. På nokre område er det fastsett at eit oppnemnd styre, utval eller råd, skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat og har ansvar for alle dei andre forvaltningsoppgåvene. I desse samanhengane er det departementet si vurdering at tilskottsforvaltninga framleis skjer innanfor statsforvaltninga.
Departementet og forvaltninga arbeider kontinuerleg med å få eit så velfungerande kontrollsystem som mogleg. Det blir arbeidd med å styrkje fylkesmennene sin kontrollfunksjon på landbruksområdet, og det blir mellom anna stilt krav til fylkesmannsembeta om at det kvart år skal utarbeidast ein risikobasert kontrollplan og gjennomførast forvaltningskontroll av kommunar og føretakskontroll. Når det gjeld kompetanse i landbruksforvaltninga, har fylkesmannen og Landbruksdirektoratet ein kontinuerleg oppfølging gjennom kontinuerleg rettleiing og rådgiving, kommunebesøk, særskilte kommunesamlingar og kompetansetiltak retta mot dei landbruksansvarlege i kommunane.
Samla sett har det målretta arbeidet med kontroll og oppfølginga av kontroll dei siste åra gitt gode resultat. Det er likevel framleis utfordringar knytt til kontroll og vidareutvikling av kontrollsystema i landbruket. Dette går særleg på å sikre at kommunane har tilstrekkeleg kompetanse og ressursar og at fylkesmannen og kommunane får ein meir systematisk oppfølging av avvik. Departementet legg til grunn at det er eit kontinuerleg behov for forbetring av kontrollsystema.
Riksrevisjonen har i fleire samanhengar peika på svakheiter knytt til systemet for kontroll med utbetalingar av tilskott over jordbruksavtalen og kommunane si rolle i tilskottsforvaltninga. Landbruks- og matdepartementet vil følgje opp dette området vidare framover.
Rapportering 2015
Dei fire hovudmåla for norsk landbruks- og matpolitikk er matsikkerheit, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og berekraftig landbruk. Ved sidan av å produsere varer og tenester for ein marknad, er norsk landbruks- og matsektor leverandør av ei rekkje fellesgode, dvs. gode som ikkje kan omsettast i ein marknad. Landbruket bidreg til at dei fire hovudmåla blir nådde gjennom produksjon av varer og tenester for ein marknad i kombinasjon med produksjon av fellesgode.
Mål vil i stor grad verke inn på kvarandre gjennom å vere samanfallande og forsterke kvarandre. Samstundes kan mål vere motstridande på kort eller lang sikt. For å oppnå hovudmåla for politikken er mange av dei økonomiske verkemidla retta inn mot å sikre lønsam produksjon over heile landet, og for å påverke måten produksjonen skjer på. Mange av tilskottsordningane er horisontale ordningar, dvs. at dei verkar inn på fleire av måla samstundes. Det gjeld mellom anna tilskott som skal sikre det økonomiske grunnlaget for produksjon og velferd for næringsutøvarane. Verkemiddel som er meir målspesifikke vil også kunne påverke andre mål. Dette gjer at tradisjonell resultatmåling som følgje av eit konkret tiltak eller tilskott ikkje gir fullgod informasjon.
I tilknyting til måla for landbrukspolitikken, som omtalt mellom anna i innleiinga, finst det verkemiddel for å nå fleire av desse, både over jordbruksavtalen og på andre kapittel i budsjettet. Dette omfattar mellom anna økonomiske tiltak retta mot næringsutvikling, busetjing og sysselsetjing og verkemidla for mattryggleik m.m. Produksjon av trygg mat er ein grunnleggjande føresetnad også for næringspolitikken i jordbruket, men dei spesifikke verkemidla er i stor grad av ikkje-økonomisk karakter, og dei matpolitiske verkemidla ligg utanfor avtalen. Det finst også fleire juridiske verkemiddel som kan verke mot same mål som dei økonomiske. Saman med at dette er tiltak og rammer for sjølvstendige næringsutøvarar, gjer dette at måloppnåinga ikkje kan bli målt på enkelttiltak, men må gjerast på indikatorar som viser utviklingstrekka i næringa samla sett. For denne resultatrapporteringa, sjå del III.
Jordbruksoppgjeret 2016
Det mest sentrale grunnlaget for jordbruksoppgjeret 2016 er regjeringa sin politiske plattform, handsaminga i Stortinget av proposisjonane om jordbruksoppgjera i 2014 og 2015 gjennom Innst. 285 S (2013–2014) og Innst. 385 S (2014–2015) og avtalen mellom regjeringspartia og samarbeidspartia av 28. mai 2014.
Jordbruksavtalen 2016–2017 som blei inngått mellom staten og Noregs Bondelag 15. mai, etter at Norsk Bonde- og Småbrukarlag braut forhandlingane, omfattar målprisane for perioden 1.7.2016 til 30.6.2017 og tilskott som blir utbetalte i 2017. Partane drøfta også justeringar av løyvingane i 2016 innanfor ei uendra økonomisk ramme. Avtaleverket for jordbruket har til formål å regulere tiltak som er eigna til å fremje fastlagde mål for jordbruket, og som ikkje er uttømmande regulert ved lov, stortingsvedtak eller forskrift. Resultatet av jordbruksoppgjeret i 2016 blei lagt fram for Stortinget i Prop. 133 S (2015–2016) Jordbruksoppgjøret 2016 m.m. den 27. mai 2016, jf. Innst. 412 S (2015–2016).
Årets jordbruksavtale legg opp til ein sterkare inntektsvekst i jordbruket enn for andre grupper, med 3,1 pst. frå 2016 (før oppgjer) til 2017, og 18,75 pst. for perioden 2014–2017. Særleg tilskott til beite blei prioritert for å nytte utmarksressursane betre. Regjeringa prioriterte produksjonar som har marknadsmoglegheiter, og styrkte samstundes grunnlaget for den geografiske produksjonsfordelinga gjennom å redusere stimulansen til å gå over til grasproduksjon i dei typiske kornområda. Ved å auke kvalitetstilskottet til storfekjøtt og auke tilskottet til den beste kvaliteten stimulerer avtalen også til auka produksjon og kvalitet. Regjeringa vil skape gode investerings- og inntektsmoglegheiter for bøndene. Investeringstilskotta ble auka meir enn det jordbruket kravde, og saman med utsetjinga av lausdriftskravet gjer det små og mellomstore bruk betre moglegheit til å planlegge investeringar og nytte ut investert kapital.
Budsjettframlegg 2017
I jordbruksoppgjeret blei den samla løyvinga på kap. 1150 auka med 100,0 mill. kroner. Postane 71 og 73 er overslagsløyvingar der satsar og volum styrer løyvingsbehovet. Over ordningane på post 73 er det lagt til grunn eit auka volum som aukar kap. 1150 med ytterlegare 90,5 mill. kroner samanlikna med saldert budsjett 2016. Hovudårsakene er stor kornavling i 2015 og aukande kjøttproduksjon. Samla løyving blir etter det 14 579,9 mill. kroner, mot 14 389,4 mill. kroner i saldert budsjett 2016.
Post 21 Særskilte driftsutgifter
Formål med løyvinga
Posten var ny frå 2015. Formålet med løyvinga er å kunne ha finansiering av kostnader knytt til utvikling av IKT-/fagsystem, evalueringar og arbeidsgrupper sett ned av avtalepartane eller vedteke av Stortinget der kostnadene ikkje er direkte relaterte til konkrete tilskottsordningar.
Rapportering 2015
Det blei utbetalt 8,6 mill. kroner til driftskostnader, utgreiingar og evalueringar i 2015. Midlane har blitt brukt til:
Fagsystema eStil (elektronisk system for tilskottforvaltning i landbruket), PT (produksjonstilskott) og avløysartilskott ved ferie
Leveransedatabase for kjøtt og kraftfôr
Arbeidsgruppe for gjennomgang og forenkling av miljøverkemidla på jordbruksavtalen
Arbeidsgruppe som vurderte forenkling av verkemidla på jordbruksavtalen
Evaluering av tilskott til avløysing ved sjukdom
Budsjettframlegg 2017
Landbruksdirektoratet arbeider for tida med ei omfattande fornying av IKT-plattforma for tilskottsforvaltninga. Det blir lagt opp til at ein skal få både enklare søknadsprosessar og ein meir effektiv, trygg og kontrollerbar forvaltning. Det er lagt opp til at ein i framtida i større grad vil nytte digitale, kartbaserte søknader om tilskott.
I jordbruksoppgjeret var partane samde om å setje av 21,5 mill. kroner på posten i 2017. Dei fordelar seg med:
Arbeidsgrupper, utgreiingar og evalueringar | 2,5 mill. kroner |
Forvaltningssystem eStil og produksjonstilskott | 8,0 mill. kroner |
Fornying av gamalt forvaltningssystem Saturn | 11,0 mill. kroner |
Post 50 Tilskott til Landbrukets utviklingsfond (LUF)
Formål med løyvinga
Midlane over posten blir løyvde til Landbrukets utviklingsfond (LUF). I tråd med vedtektene til LUF kan fondsmidlane nyttast til tiltak som tek sikte på å styrkje og byggje ut næringsgrunnlaget på dei enkelte landbruksføretaka. Ordningane under LUF omfattar verkemiddel knytt til næringsutviklings- og miljøtiltak, irekna m.a. tilskottsordningar, utviklingsprogram og prosjekt. Auka verdiskaping er eitt av hovudmåla for landbruks- og matpolitikken, og fleire av verkemidla under LUF skal bidra til lønsam utnytting av dei samla ressursane på garden. For ordningane som blir forvalta av Innovasjon Noreg er målsetjingane om fleire gode gründerar, fleire vekstkraftige bedrifter og fleire innovative næringsmiljø sentrale.
Dei regionale bygdeutviklingsprogramma, irekna regionale næringsprogram, regionale miljøprogram og regionale skog- og klimaprogram, bidreg til at det blir laga regionale strategiar for verkemiddelbruken.
Rapportering 2015
Departementet viser til Prop. 133 S for ei detaljert omtale av dei enkelte ordningane som er finansiert over LUF. Ordningane det er gitt støtte til kan grovt sett delast inn i sju område:
Bedriftsretta midlar og støtte til Matmerk
Tilrettelegging for næringsutvikling
Rekruttering og kompetanse
Forskingsmidlar
Skogbruk og bioenergi
Konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift
Verkemiddel innan miljø og økologisk landbruk
Budsjettframlegg 2017
Med bakgrunn i Prop. 133 S (2015–2016) og Stortinget si handsaming av denne gjer departementet framlegg om ei løyving for budsjettåret 2017 på 1 148 mill. kroner under kapittel 1150, post 50. På grunn av redusert tilskottsramme frå LUF på 25 mill. kroner og redusert utbetalingsprognose for rentestøtteordninga på 30 mill. kroner, blir løyvinga til fondet redusert med 55 mill. kroner frå 2016. Fondet blir vidare tilført 21,7 mill. kroner i 2016 gjennom omdisponering av udisponerte midlar i 2016. Tabell 2.7 viser ei endring i likviditet for 2017 på minus 126,8 mill. kroner. Erfaringstal viser at den faktiske utviklinga kan avvike noko frå prognosane, m.a. som følgje av fråfall i ansvar. Kapitalsituasjonen og likviditetsutviklinga for LUF må haldast under oppsyn. Med utgangspunkt i den negative prognosen for årsresultatet for fondet vil departementet gå gjennom ordningar med store unytta rammer og vurdere om desse midlane skal inndragast ved årsskiftet.
Tabell 2.7 Framføring av kapitalsituasjonen for LUF 2015–2017 med prognoser over framtidige utbetalingar (mill. kroner)
Rekneskap 2015 | Prognose 2016 | Prognose 2017 | |
---|---|---|---|
Løyving | 1 205,7 | 1 203,1 | 1 148,1 |
Eingongsoverføring 1 | -28,6 | 21,7 | |
Renteinntekter | 18,7 | 14,0 | 14,3 |
Netto tilførsel av kapital i samband med investeringslån | 85,0 | 75,6 | 68,7 |
Andre inntekter | 30,8 | 12,0 | 12,0 |
Sum tilførsel | 1 311,6 | 1 326,4 | 1 243,1 |
Sum utbetalingar | 1 340,6 | 1 379,3 | 1 369,8 |
Endring i likviditet og fordringar | -29,0 | -52,9 | -126,8 |
Likviditet, inneståande i Noregs Bank, inkl. a konto IN | 1 588,5 | 1 602,0 | 1 543,9 |
Uteståande investeringslån | 325,0 | 258,6 | 189,9 |
Likviditet og fordringar LUF per 31.12 | 1 913,5 | 1 860,6 | 1 733,8 |
1 I jordbruksoppgjeret 2015 blei 28,6 mill. kroner av løyvinga overført til post 73 for å bidra til finansiering av prisnedskriving korn.
Samla tilskottsramme i 2017 blir på 1 385,5 mill. kroner, inkl. rentestøtteutbetalingar jf. Tabell 2.8. Ein vesentleg del av tilskottsramma for LUF for 2017 er avsett til ordningar som skal stimulere til investering og bedriftsutvikling, næringsutvikling og gründerskap i landbruket. Skogbruk og ordningar knytt til klima- og miljøtiltak, utgjer ein annan sentral del av tilskottsramma til fondet. For å imøtekomme det store investeringsbehovet og samstundes bidra til målretta tiltak som fremjar rekruttering er investeringsverkemidlane prioritert, med ein auke i tilskottsramme på 26,5 mill. kroner.
Tabell 2.8 Tilskottsramme for LUF (mill. kroner)
2016 | 2017 | Endring 2016–2017 | |
---|---|---|---|
Bedriftsretta midlar til investering og utvikling | 548,00 | 574,50 | 26,50 |
Tilrettelegging for næringsutvikling og verdiskaping | |||
Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar (fylkesvise) | 60,00 | 48,00 | -12,00 |
Områderetta innsats | 6,00 | 0,00 | -6,00 |
Rekruttering og kompetanse i landbruket1 | 26,00 | 26,00 | 0,00 |
Forsking | 53,00 | 53,00 | 0,00 |
Matmerk | 52,00 | 52,00 | 0,00 |
Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping | 90,00 | 90,00 | 0,00 |
Bioenergiprogrammet | 67,00 | 67,00 | 0,00 |
Skogbruk | 214,00 | 214,00 | 0,00 |
Midlar til konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift | 1,50 | 1,50 | 0,00 |
Utsiktsrydding2 | 20,00 | 8,00 | -12,00 |
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL) | 95,00 | 95,00 | 0,00 |
Drenering3 | 80,00 | 58,00 | -22,00 |
Investeringsstøtte organisert beitebruk | 9,00 | 10,00 | 1,00 |
Klima- og miljøprogram | 18,00 | 18,00 | 0,00 |
Biogass4 | 2,00 | 1,00 | -1,00 |
Støtte til verdsarvområda og utvalde kulturlandskap | 9,00 | 9,50 | 0,50 |
Utviklingstiltak innan økologisk landbruk | 30,00 | 30,00 | 0,00 |
SUM tilskottsramme | 1 380,50 | 1 355,50 | -25,00 |
Rentestøtte – utbetalingar5 | 60,00 | 30,00 | -30,00 |
SUM tilskottsramme inkl. utbetalingar rentestøtte | 1 440,50 | 1 385,50 | -55,00 |
1 Løyvinga for 2017 omfattar 20 mill. kroner til fylkesvise midlar til rekruttering og kompetanseheving, og 6 mill. kroner til KIL.
2 Løyvinga til ordninga blir redusert i 2017 ettersom løyvinga i 2016 blir rekna som dekkjande for både 2016 og 2017. Det blir lagt til grunn ei årleg tilskottsramme på 20 mill. kroner.
3 Løyvinga til ordninga blir redusert i 2017 ettersom løyvinga i 2016 blir rekna som dekkjande for både 2016 og 2017.
4 Løyvinga til ordninga blir redusert i 2017 ettersom løyvinga i 2016 blir rekna som dekkjande for både 2016 og 2017.
5 Ordninga med rentestøtte blei avvikla i jordbruksoppgjeret 2015. Det blir løyvd midlar over LUF til utbetaling av rentestøtte for 2017 for dei som har fått innvilga rentestøtte før 1.1.2016. Prognose for utbetalingar i 2017 er sett til 30 mill. kroner.
Investering og bedriftsutvikling i landbruket
Midlane til investering og bedriftsutvikling i landbruket har eit todelt formål; å bidra til utvikling av ny næringsverksemd på landbrukseigedommane, med mål om auka sysselsetjing, og å bidra til utvikling og modernisering av det tradisjonelle landbruket, med særskilt mål om auka effektivisering av produksjonen. Gjennom investeringar og moderniseringar i driftsapparatet og bruk av ny teknologi, oppnår ein auka effektivisering og produktivitet i landbruket. Ordninga er også eit målretta verkemiddel for å fremje rekruttering til næringa fordi yngre investerer i større grad enn eldre og delvis fordi mange eldre som investerer gjer det for å leggje til rette for neste generasjon. Heile 77 pst. av tilskotta til investering og bedriftsutvikling i landbruket blei i 2015 gitt til brukarar under gjennomsnittsalder i næringa, og 26 pst. av tilskotta blei gitt til unge under 35 år. Dessutan er unge under 35 år prioritert i delar av regelverket. Denne aldersgruppa får altså ein relativt stor del av tilskottsmidlane. Eit eige generasjonsskiftetilskott skal t.d. avhjelpe mindre investeringsbehov i samband med oppstart. Maksimal prosentsats for generasjonsskifteordninga er frå 1. juli 2016 heva med 10 prosentpoeng.
Investeringsbehovet i landbruket er stort, og investeringsverkemidlane er eit viktig risikoavlastande bidrag for å stimulere til auka investeringar. Løyvinga til investering og bedriftsutvikling blir auka med 26,5 mill. kroner til 574,5 mill. kroner samla i 2017. Maksimal prosentsats for tilskott til investeringar blir vidareført med inntil 33 pst. av kostnadsoverslaget for investeringa. Skal vi nå målet om auka produksjon, er det naudsynt å støtte opp om dei som ønskjer å vekse. Støtte til investeringsprosjekt som gir auka matproduksjon skal difor prioriterast. Lønsemdsvurdering av prosjekta skal liggje til grunn for tildeling av midlar. Ulike eigeformer skal likestillast ved prioritering av søknader. Nye krav til dyrevelferd, irekna kravet om lausdriftsfjøs, og fornying av driftsapparatet skal vektleggjast. Energiomsyn og miljø- og klimavennleg teknologi skal inngå i vurderinga av søknader om tilskott der det er relevant.
Ordninga med risikolån blir vidareført. I rapporten Økt rekruttering til landbruket viser arbeidsgruppa til at risikolåneordninga med tilhøyrande tapsfond må prioriterast høgt. Det skal gjerast ein gjennomgang av vilkåra for risikolån over ordninga.
I samband med Stortinget si handsaming av jordbruksoppgjeret i 2015 blei Landbruks- og matdepartementet bedt om å vurdere om støtte til investeringar kan innvilgast allereie på hausten same året som midlane blir løyvde over jordbruksavtalen, sjølv om løyving over statsbudsjettet og utbetaling først skjer året etter. Bakgrunnen for dette er at ein kan få betre planleggings- og byggjeprosessar, betre avtalar med entreprenørar og leverandørar, og at det kan opne for at bygging kan starte tidlegare dersom ein har tilsegn om finansiering hausten før neste byggesesong. Med bakgrunn i dette og pågangen etter investeringsverkemidlar særskilt knytt til investering i driftsbygningar, har Innovasjon Noreg fått høve til å gi tilsegn om tilskott over IBU-midlane allereie på hausten same år som midlane blir avsett over jordbruksavtalen. Departementet har presisert at det må takast atterhald om Stortinget si handsaming av statsbudsjettet for 2017.
Fylkesvise midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak
Dei fylkesvise midlane til utgreiings- og tilretteleggingstiltak skal bidra til utvikling og fornying av det tradisjonelle landbruket og å understøtte utvikling av andre landbruksbaserte næringar gjennom utviklings- og kompetansehevande tiltak og mobiliseringstiltak. Midlane skal støtte opp om innleiande fasar og arbeid knytt til landbruksbasert næringsutvikling regionalt og kan gis til organisasjonar, institusjonar, kommunar og ulike former for samarbeidsorgan, hovudsakleg innanfor landbruket.
I årets jordbruksoppgjer blei det prioritert å løyve midlar til investering og bedriftsutvikling direkte til det enkelte føretak. Løyvinga til utgreiing- og tilretteleggingstiltak blir difor redusert med 12 mill. kroner og sett til 48 mill. kroner i 2017. Det blir lagt til grunn at den strategiske innretninga på bruken av midlane er godt samordna med innretninga på dei bedriftsretta verkemidlane regionalt.
Rekruttering og kompetanseheving i landbruket
Agronomisk kompetanse og kunnskapsbasert driftsleiing er viktig for eit berekraftig landbruk, og for å nå målet om auka matproduksjon. Eit godt opplærings- og utdanningssystem bidreg til å sikre utøvarane i landbruket rett kompetanse. I tillegg til det formelle utdanningssystemet er ulike typar rådgivingstenester, nettverk, kurs og mentorordningar m.m. viktige kjelder til kompetanseheving for næringsutøvarane i landbruket.
I arbeidsgrupperapporten Økt rekruttering til landbruket blei betydningen av kompetanse for utvikling av næringa og for rekruttering til landbruket framheva. Kompetansebehovet i næringen er variert og avheng mellom anna av type produksjon. Alder ved overtaking av landbrukeigedom er jamt over høg i heile landet, og mange av dei som etablerer seg i næringa i dag har ei anna utdanning enn landbruksfagleg utdanning. I tillegg til dei ordinære utdanningsløpa er det difor naudsynt med fleksible løysingar for kompetanseheving. Vaksenagronom blir tilbydd på mange naturbruksskolar i fylka. Dette er eit tilbod til vaksne med annan/høgare utdanning som har behov for agronomkompetanse. Tilbodet varierer frå fylke til fylke både når det gjeld form og innhald. Eitt av arbeidsgruppa sine innspel handla om behovet for å utgreie ein nasjonal modell for vaksenagronom som sikrar fagleg og pedagogisk kvalitet og fleksibel tilrettelegging.
Det blir sett i gang ei utgreiing av ein nasjonal modell for vaksenagronom. Utgreiinga skal gjennomførast i samarbeid med næringa og utdanningsmyndigheitene.
I jordbruksoppgjeret 2014 blei det avsett 4 mill. kroner til ei fleirårig satsing på rekruttering og gründerskap i landbruket. I Meld. St. 31 (2014–2015) Garden som ressurs – marknaden som mål blei det gjort framlegg om at satsinga skulle nyttast til å prøve ut ei mentorordning i landbruket. Arbeidsgruppa som såg på rekrutteringa til landbruket kom med ytterlegare konkretisering av framlegget.
I tråd med arbeidsgruppa sitt framlegg blir det sett i gang ei utprøving av ei lågterskel mentorordning for landbruket i nokre utvalde regionar etter modell av prosjektet Kompetanseløft Trøndersk landbruk. Unge under 35 år skal prioriterast. Norsk landbruksrådgiving skal forvalte ordninga i tett samarbeid med Innovasjon Noreg og faglaga regionalt. Det blir teke sikte på oppstart av ei toårig prøveordning hausten 2016. Målet med forsøka må vere å utvikle ein metodikk for ei mentorordning i landbruket som er tilpassa næringa sine behov, og som kan ha overføringsverdi til heile landet. Prøveordninga skal evaluerast.
Fylkesvise midlar til rekruttering og kompetanseheving
Fylkeskommunane forvaltar verkemiddel til styrking av innsatsen innanfor rekruttering og kompetanseheving i landbruket. Dette ansvaret må sjåast i samband med fylkeskommunane sitt ansvar som skoleeigarar og regionale utviklingsaktørar. Her er dei vidaregåande skolane med utdanningsprogram naturbruk viktige for å rekruttere rett kompetanse til landbrukssektoren, og som ressurs for etter- og vidareutdanningstilboda i landbruket.
Løyvinga blir vidareført med ei ramme på 20 mill. kroner for 2017. Prioriterte område for ordninga er tiltak for å auke kompetansen i landbruket, irekna støtte til etter- og vidareutdanningstilbod for yrkesutøvarar i landbruket, og tiltak som rettar seg inn mot rekruttering og omdømmebygging.
Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket
Stiftinga Matmerk forvaltar Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL). Programmet skal bidra til kompetanseutvikling for yrkesutøvarar innan primærlandbruket eller innanfor andre næringar i tilknyting til landbruket, gjennom utvikling av nasjonale og regionale kompetansetilbod.
Ramma på 6 mill. kroner til KIL blir vidareført for 2017. Det blir avsett inntil 500 000 kroner over KIL-ordninga til den varsla utgreiinga om ein nasjonal modell for vaksenagronom.
Forsking
Forskingsmidlane over jordbruksavtalen skal skaffe fram kunnskap som byggjer opp under dei landbruks- og matpolitiske måla. Midlane skal særskilt bidra til auka produksjon av mat, at maten er trygg og å betre bondens økonomi. Omsynet til miljø og klima skal gjennomgåande varetakast ved avtalestyret si disponering av midlane.
For 2017 skal kunnskapsutvikling i tråd med behov som går fram av rapporten Landbruk og klimaendringer frå januar 2016 prioriterast, særskilt forsking retta mot opptak og utslepp av klimagassar. Vidare skal forsking som aukar verdiskapinga i produksjonen av korn, storfekjøtt, frukt og grønt prioriterast. I dette ligg m.a. område som betre agronomi, sortsutvikling, fôrkvalitet og teknologiutvikling. Andre område det er aktuelt å vektleggje er utgreiingar som bidreg til å auke kunnskapsgrunnlaget innan andre landbruksbaserte næringar, til dømes knytt til lønsemd og sysselsetjing for desse næringane, og studiar av produksjonsutfordringar innan økologisk landbruk. Løyvinga på 53 mill. kroner til forsking blir vidareført i 2017. Inntil 3 mill. kroner kan nyttes til utgreiingar.
Matmerk
Stiftinga Matmerk har som mål å styrkje konkurranseevna til norsk matproduksjon og å skape preferansar for norskprodusert mat. Det skjer gjennom arbeid med kvalitetssikring, kompetanse og synleggjering av norske konkurransefortrinn og opphav ovanfor matprodusentar, handel og forbrukarar. Stiftinga har i oppgåve å administrere og vidareutvikle Kvalitetssystem i landbruket (KSL), godkjennings- og merkeordninga for Inn på tunet, merkeordningane Nyt Norge, Beskyttede Betegnelser og Spesialitet, Kompetanseutviklingsprogrammet i landbruket (KIL), generisk marknadsføring av økologisk mat og å drifte den nye databasen lokalmat.no. Stiftinga skal også bidra til profilering og marknadsåtgang for norske matspesialiteter og drifte den nasjonale nettstaden for Inn på tunet.
Avsetninga til Matmerk blir vidareført i 2017 med 52 mill. kroner. Det blir lagt til grunn at Matmerk spesielt prioriterer KSL og utviklingsoppgåver knytt til modernisering og oppgradering av systemet. Vidare må drift av lokalmat.no, måling av omsetnad av lokalmat, merkeordningane, og oppgåver knytt til Inn på tunet prioriterast innanfor denne ramma. Frå 2018 er det behov for ein ny finansieringsplan for Nyt Norge-ordninga. Matmerk må komme tilbake med ein slik plan i god tid før jordbruksforhandlingane 2017.
Utviklingsprogrammet
Utviklingsprogrammet – landbruks- og reindriftsbasert vekst og verdiskaping skal skape vekst og verdiskaping innan lokalmat, reiseliv, reindriftsnæringa, Inn på tunet, innlandsfiske og andre landbruksbaserte næringar basert på landbruksressursar. Programmet er forvalta av Innovasjon Noreg og er eit sentralt verkemiddel for å nå måla i Meld. St. 31 (2014–2015) om vekst og gründerskap innan landbruksbaserte næringar. Det blir tilbydd tilpassa kompetansetiltak til bedriftene, finansiering til bedrifter som ønskjer å vekse og støtte til etablering av forpliktande produsentnettverk. Programmet gir også støtte til omdømmetiltak for å byggje stoltheit og auke kompetanse i næringa, og å auke kunnskap om lokalmat og landbruksbasert reiseliv hos forbrukarane, i marknaden og i samfunnet generelt.
Meld. St. 31 signaliserer klare ambisjonar for landbruksbaserte næringar dei næraste åra, og inkluderer mellom anna eit mål om ein omsetnad av lokalmat og -drikke på 10 mrd. kroner samla frå alle marknadskanalar innan 2025. Det bør framleis leggjast stor vekt på både vekstordninga og forpliktande produsentsamanslutningar, i tillegg til innsatsen retta inn mot det landbruksbaserte reiselivet. Den samla løyvinga til Utviklingsprogrammet blir vidareført med 90 mill. kroner i 2017.
I tråd med føringane i Prop. 77 S (2015–2016) Om reindriftsavtalen 2016/2017, blir det lagt opp til at Reinprogrammet blir forvalta som ein integrert del av Utviklingsprogrammet.
Bioenergiprogrammet
Auka produksjon av biobrensle og leveransar av biovarme frå landbruket gir auka verdiskaping og bidreg til å nå regjeringa sine mål i klima- og energipolitikken.
Utviklinga av gardsbaserte biogassanlegg inngår også i Bioenergiprogrammet. Denne satsinga er frå 2015 koordinert med regjeringa sin biogassstrategi og etableringa av pilotanlegg som tek hand om husdyrgjødsel i kombinasjon med anna biologisk avfall.
Løyvinga blir vidareført med 67 mill. kroner for 2017. Norsk Gartnerforbund blir tildelt 1 mill. kroner av løyvinga for å stimulere til framleis satsing på klimavennleg produksjon.
Skogbruk
Eit aktivt og berekraftig skogbruk skapar verdiar og gir treprodukt som erstattar meir klimabelastande materialar, samstundes som skogressursane er ei viktig kjelde til fornybar energi. Skog i vekst tek opp karbon, og skogen er samstundes eit stort karbonlager. Nettoopptaket av karbon i skogen i Noreg er på om lag 26 mill. tonn CO2-ekvivalentar per år.
Regjeringa vil leggje større vekt på klimapolitiske målsetjingar i forvaltninga av norske skogar. For å sikre overgangen til eit lågutsleppssamfunn, både i Noreg og andre land, blir skogen sin evne til opptak og lagring av karbon sentral framover. Aktuelle tiltak er både knytt til auka opptak, lagring og tiltak som gjer at trevirke kan erstatte meir utsleppsintensive materialar, og til at fornybar bioenergi frå skogen kan erstatte fossil energi. For å bidra til auka verdiskaping i heile verdikjeda for skog, vil regjeringa leggje til rette for å auke avverkinga. Regjeringa vil styrkje miljøomsyna i skogbruket ved å ta i bruk dei nye verkemidla i naturmangfaldlova og verkemiddel for skogbruket; mellom anna miljøregistreringar, kunnskapsutvikling og Norsk PEFC Skogstandard, slik at uttaket av biomasse frå skog kan aukast samstundes som det biologiske mangfaldet blir ivareteke.
Eit godt fungerande skogsvegnett er avgjerande for lønsam skogsdrift, og for utvikling av skogen sine positive nærings-, klima- og energibidrag. Investeringsnivået til både bygging og ombygging av skogsvegar har auka dei siste åra, med både offentlege og private midlar. Det er framleis stort behov for nybygging av skogsvegar og standardheving av gamle vegar. Behovet for nybygging er størst i kystfylka, særleg for skogsbilvegar. Mange kystfylke har store skogressursar som ikkje vil vere lønsame å bruke utan skogsvegar. Store delar av skogsvegnettet i dei tradisjonelle skogstroka på Sør- og Austlandet og i Trøndelagfylka er gamalt. Sjølv om det framleis er behov for noko nybygging av vegar også her, er dei største investeringsbehova knytt til standardheving av gamle vegar. Berre rundt 15 pst. av skogsbilvegnettet i dei tradisjonelle skogstroka er bygd eller bygde om for dei største tømmervogntoga på inntil 24 meter og 60 tonn totalvekt.
Berekraftig skogbruk krev eit godt og dokumenterbart kunnskapsgrunnlag for å gjere avvegingar mellom næring og miljø. Ei viktig kjelde til denne kunnskapen er Landsskogtakseringa.
Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar er også eit sentralt verkemiddel i miljøarbeidet i skogbruket. Gjennom dette arbeidet kan skogeigarane sjølve gjere avvegingar mellom bruk og vern i sine prioriteringar. Med høg aktivitet i skogbruket er det grunn til å vente auka omfang av skogbruksplanlegging i åra som kjem for å sikre eit godt kunnskapsgrunnlag for den auka avverkinga.
Kompetansehevande tiltak er sentralt for gjennomføringa av skogpolitikken. Skogbrukets Kursinstitutt (Skogkurs) er ein sentral aktør i denne samanhengen, og rettar seg mot både offentleg og privat rettleiingsapparat, skogeigarar, skogsarbeidarar og entreprenørar over heile landet. Jamleg kompetanseheving er ein føresetnad for skogeigarane sine moglegheiter til sjølve å kunne leggje til rette for auka verdiskaping med basis i ressursane til eigedommen.
Løyvinga til skogbruk over jordbruksavtalen blir vidareført med 214 mill. kroner i 2017. Fordelinga mellom dei ulike verkemidla vil bli gjort etter drøftingar mellom avtalepartane på eit møte der også næringsorganisasjonane i skogbruket blir inviterte til å delta.
Konfliktførebyggjande tiltak jordbruk/reindrift
Løyvinga til konfliktførebyggjande tiltak mellom jordbruk og reindrift blir vidareført med 1,5 mill. kroner i 2017. Løyvinga er på nivå med tilsvarande løyving over reindriftsavtalen. Midlane frå dei to næringsavtalane blir forvalta samla av Fylkesmannen i Sør-Trøndelag. Det må arbeidast aktivt med å gjere ordninga kjent i aktuelle område.
Miljøsatsinga over jordbruksavtalen
Miljøsatsinga skal bidra til å halde kulturlandskapet ved lag og til å redusere miljøbelastninga frå jordbruket, som utslepp til luft og vatn. Fleire av miljøordningane bidreg også til betre agronomi og vil ha positiv verknad på produksjonen.
Utgreiing om landbruket sine utfordringar i møte med klimaendringane
I Stortinget si handsaming av jordbruksoppgjeret for 2014 blei det vedteke at landbruket sine utfordringar i møte med klimaendringane skulle utgreiast. Landbruks- og matdepartementet oppnemnte i mars 2015 ei arbeidsgruppe beståande av representantar frå næring, forvaltning og miljøorganisasjonar. Arbeidsgruppa blei gitt i oppdrag å vurdere norsk klimapolitikk på landbruksområdet opp mot ny kunnskap som kjem fram i FNs klimapanel sin femte hovudrapport. Arbeidsgruppa skulle kartleggje kunnskapsstatus nasjonalt, undersøkje kva for moglegheiter og utfordringar klimaendringane vil kunne gi for norsk landbruk. I tillegg skulle arbeidsgruppa vurdere om norsk jordbruk er rusta for å møte eventuelle endringar i forbrukarane sin etterspørsel etter mat produsert med eit lågare klimaavtrykk. Utgreiinga skulle også omfatte opptak i skog og lagring i jord og baserast på ny kunnskap frå klimapanelet og dei nye klimaframskrivingane som Norsk klimaservicesenter utforma i 2015. Gruppa avleverte rapporten Landbruk og klimaendringer 19.2.2016.
Arbeidsgruppa peiker på at norsk matproduksjon skjer med utgangspunkt i ressursgrunnlaget og at det ikkje er mogleg å produsere mat utan klimagassutslepp. Dei biologiske prosessane i landbruket kan ikkje erstattast på same måten som prosessar basert på ikkje-fornybare råstoff og fossilbaserte produksjonssystem. Arbeidsgruppa viser vidare til at landbruket er i ei særstilling samanlikna med andre delar av norsk økonomi, ettersom det finst svært få verkemiddel eller tiltak som berre er innretta med sikte på å redusere utslepp av klimagassar. Samstundes viser arbeidsgruppa til at det er eit betydeleg potensial for utsleppskutt, i storleiksorden 10–20 pst. utsleppsreduksjon frå jordbruket, inkludert reduserte utslepp som rekneskapsførast i transport-, bygg- og arealsektoren, frå i dag og fram til 2030. Arbeidsgruppa meiner difor at klimaomsynet bør ha større vekt i utviklinga av jordbrukspolitikken, slik at også jordbruket i større grad kan bidra til å oppfylle Noregs klimamål.
Arbeidsgruppa meiner det er to hovudstrategiar for å redusere klimagassutsleppa frå jordbrukssektoren: Endring av samansetninga av matforbruket og reduksjon i utsleppa innanfor same produksjonsvolumet. Arbeidsgruppa har ikkje vurdert tiltak for å endre samansetning av matforbruket, då dette blei vurdert til å liggje utanfor arbeidsgruppas mandat.
Arbeidsgruppa meiner at norsk klimapolitikk for landbrukssektoren på overordna nivå fangar opp viktige tiltak og innsatsområde som er omtalte i FNs klimapanel sin femte hovudrapport. Arbeidsgruppa meiner at ein likevel med dagens innsats ikkje klarar å hente ut potensialet for utsleppskutt og auka opptak raskt nok.
Arbeidsgruppa peikar på 15 aktuelle tiltak som kan bidra til reduserte klimagassutslepp og auka opptak frå jordbrukssektoren. Arbeidsgruppa peikar samstundes på at det er naudsynt å utgreie tiltaka vidare for å finne kostnadene ved tiltaka, moglegheitene for gjennomføring og aktuelle verkemiddel.
Klimautfordringane i landbrukssektoren er komplekse og i rapporten blir det påvist betydelege kunnskapsbehov. Arbeidsgruppa meiner den løpande utviklinga der ny forsking, teknologi og kunnskap takast i bruk, er blant dei viktigaste tiltaka for å få ned klimabelastninga frå landbruket. Arbeidsgruppa viser til at endra klima kan gi nye moglegheiter for produksjon som bøndene vil utnytte, men at det er krevjande å tilpasse seg endringane og at det også vil medføre stor usikkerheit.
Spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)
I jordbruksoppgjeret 2016 blei det avsett 95 mill. kroner for 2017. Partane var samde om at ordninga må utvidast til at eigar av bortleigd landbrukseigedom kan ha rett på tilskott, dersom det føregår ein tilskottsberettiga produksjon på eigedommen. For å gjere ordninga betre målretta mot klimautfordringane, skal hydrotekniske tiltak ha høgaste prioritet ved fordeling av midlar.
Tilskott til drenering av jordbruksjord
Godt drenert jordbruksjord er avgjerande for å kunne auke matproduksjonen i åra som kjem. Oppslutninga om ordninga har blitt lågare enn venta, og mykje tydar på at det er mindre areal som blir drenert no enn før tilskottsordninga blei innført i 2013. Ettersom det er svært mykje unytta midlar på ordninga, var partane samde om at avsetninga til ordninga kan reduserast med 22 mill. kroner, til 58 mill. kroner i 2017.
Utsiktsrydding i kulturlandskapet
Attgroing av kulturlandskapet og vegkantar er ei aukande utfordring mange stader i Noreg. Attgroing er ei ulempe for landbruket, og vil svekkje grunnlaget for mellom anna reiselivet som er ei næring i vekst. I jordbruksoppgjeret 2015 blei det vedteke å etablere ei ny tilskottsordning som skal bidra til utsyn og fremje verdiar knytt til kulturlandskapet, og å gi klimagevinst ved at rydningsvirket kan nyttast til bioenergiformål der dette er mogleg. Det var avsett 20 mill. kroner til tiltaket i Hordaland, Sogn- og Fjordane og Møre- og Romsdal i 2016. Grunna forseinka iverksetjing av ordninga, er det ikkje venta at den får full utteljing i 2016. Partane var difor samde om at det er tilstrekkeleg med ei avsetning på 8 mill. kroner til ordninga i 2017.
Investeringsstøtte til tiltak i beiteområde (organisert beitebruk)
Ordninga stimulerer til effektivt samarbeid mellom dyreeigarar og realisering av naudsynt infrastruktur for effektiv utnytting av utmarksbeite til husdyrproduksjon. Beitebasert næringsdrift har utfordringar med ajourføring av samarbeidsformer til endringar i buskapsstruktur og andre samfunnsinteresser. Dette er krevjande prosessar som også kan innvilge støtte til prosjektleiing og juridisk kompetanse. Det er sett av 10 mill. kroner for 2017 til formålet, ein auke med 1 mill. kroner frå 2016.
Klima- og miljøprogram
Avsetninga til Klima- og miljøprogrammet blir vidareført i 2017 med 18 mill. kroner. Midlane skal i større grad prioriterast til prosjekt som bidreg til å følgje opp rapporten Klimaendringar og Landbruk. Døme på dette er klimarådgivingsprosjektet, framskaffing av betre kunnskap om potensialet og verknad av lagring av karbon i jordbruksjord for å bidra til reduserte klimagassutslepp, kunnskap om klimatilpassing, og rådgiving og informasjon om klimasmart landbruk.
Biogass
Forskrift om tilskott for levering av husdyrgjødsel til biogassanlegg blei sett i verk i desember 2014. Handtering av husdyrgjødsel i biogassanlegg reduserer metanutsleppa. Det er sett av 1 mill. kroner i 2017.
Støtte til verdsarvområda og til utvalde kulturlandskap
Det blei i jordbruksoppgjeret 2015 vedteke å slå saman dei to ordningane frå 2016. Den samla avsetninga til ordningane er 9,5 mill. kroner, som inneber ein auke til Vestnorsk Fjordlandskap med 0,5 mill. kroner. Midlane til verdsarvområda og utvalde kulturlandskap skal sjåast i samband med midlar på budsjettet til Klima- og miljødepartementet.
Utviklingstiltak for økologisk landbruk
Avsetninga til utviklingstiltak blir vidareført med 30 mill. kroner i 2017.
Post 70 Marknadsregulering, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
70.11 | Marknadstiltak | 24 400 | 24 400 | 24 400 |
70.12 | Tilskott til råvareprisutjamningsordninga m.m. | 194 739 | 227 200 | 252 700 |
70.13 | Tilskott til potetsprit og potetstivelse | 39 089 | 40 000 | 38 000 |
Sum post 70 | 258 228 | 291 600 | 315 100 |
Underpost 70.11 Tilskott til marknadstiltak
Formålet med marknadstiltaka er å bidra til å nå målprisane for dei ulike jordbruksprodukta, jamne ut produsentpris og pris til forbrukarar over heile landet, skape avsetning for produsert vare og bidra til å sikre forsyningar i alle forbruksområde. I grøntsektoren blir kostnadene ved marknadsregulering og faglege tiltak dekte av løyvinga til marknadstiltak, mens dei blir dekte gjennom omsetnadsavgift for andre produksjonar.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 24,4 mill. kroner i 2017.
Underpost 70.12 Tilskott til råvareprisutjamningsordninga
Formålet med råvareprisordninga (RÅK-ordninga) er å jamne ut skilnader i råvarekostnader mellom norske og utanlandske ferdigvarer som blir omsette i Noreg, og for norske varer som blir eksporterte. Det er viktig at løyvingane over denne ordninga er avpassa engrosprisane på norskproduserte jordbruksvarer.
Prisane på verdsmarknaden kan variere mykje i løpet av kort tid. Det påverkar løyvingsbehovet til RÅK-ordninga. Endringane i målprisar i jordbruksoppgjeret påverkar også løyvingsbehovet. Den samla effekten av endringar i målprisar som følgje av jordbruksoppgjeret og prognosar for prisutviklinga på verdsmarknaden aukar løyvingsbehovet med 25,5 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 252,7 mill. kroner i 2017.
Underpost 70.13 Tilskott til potetsprit og potetstivelse
Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norsk potetsprit og potetstivelse gjennom marknadsordninga for potet. I jordbruksoppgjeret blei avsetninga til potetsprit redusert med 2 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 38,0 mill. kroner til ordninga i 2017.
Post 71 Tilskott til erstatningar m.m.
Formål med løyvinga
Formålet med løyvinga er å redusere økonomiske tap som oppstår ved produksjon forårsaka av klimatiske forhold det ikkje er mogleg å sikre seg mot. Posten omfattar følgjande ordningar:
erstatning ved avlingssvikt i planteproduksjon
erstatning ved svikt i honningproduksjon
I jordbruksoppgjeret 2015 blei det vedteke å avvikle ordninga med tilskott til reparasjon av vinterskadd eng og ordninga med erstatning for tap av bifolk.
Erstatningsordningane som dekkjer kostnader i samband med statlege pålegg blir løyvde utanfor jordbruksavtalen, jf. kap. 1142, post 73.
Rapportering 2015
Dei samla utbetalingane over ordninga i 2015 var på 20,2 mill. kroner mot om lag 45 mill. kroner i eit normalår. Underforbruket kjem av at det i 2014 og 2015 var gode avlingsår i store delar av landet, og relativt få hadde klimarelatert avlingsvikt.
Budsjettframlegg 2017
Skader som oppstår i avlingsåret 2016 vil påverke løyvinga i 2017 fordi mykje av utbetalingane først kjem året etter skaden. På det noverande tidspunkt har ikkje departementet grunnlag for å vurdere at skadeomfanget i 2016 vil skilje seg frå eit normalt år.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 43 mill. kroner i 2017.
Post 73 Pristilskott, overslagsløyving
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
73.11 | Tilskott til norsk ull | 126 020 | 124 500 | 132 720 |
73.13 | Pristilskott mjølk | 606 844 | 610 900 | 610 500 |
73.15 | Pristilskott kjøtt | 826 819 | 1 072 600 | 1 410 100 |
73.16 | Distriktstilskott egg | 8 190 | 5 425 | 3 234 |
73.17 | Distriktstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet | 89 646 | 86 400 | 87 100 |
73.18 | Frakttilskott | 360 386 | 346 855 | 345 681 |
73.19 | Tilskott til prisnedskriving av norsk korn | 678 592 | 573 000 | 651 200 |
73.20 | Tilskott matkorn | 59 059 | 50 500 | 58 000 |
Sum post 73 | 2 755 556 | 2 870 180 | 3 298 535 |
Budsjettframlegg 2017
Underpost 73.11 Tilskott til norsk ull
Formålet med tilskottet er å bidra til å nå måla for inntekts- og produksjonsutvikling i sauehaldet som ikkje i tilstrekkeleg grad kan sikrast gjennom marknadspris og andre tilskott. Tilskottet skal også bidra til betring av kvaliteten på norsk ull og sikre avsetning i marknaden for norsk ull av god kvalitet.
I jordbruksoppgjeret blei ordninga prioritert mot å støtte produksjon av dei beste kvalitetane ved at fleire av dei dårlegaste kvalitetane takast ut av ordninga. Løyvinga blei vidareført på same nivået, men større volum enn tidlegare år gir grunnlag for ei auka løyving på 8,2 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 132,7 mill. kroner for 2017.
Underpost 73.13 Pristilskott mjølk
Løyvinga omfattar ordningane med grunntilskott til geitmjølk og distriktstilskott for mjølk og mjølkeprodukt.
Formålet med pristilskott til mjølk er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i mjølkeproduksjonen som bidreg til å halde busetjing og sysselsetjing i heile landet ved lag gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen.
Distriktstilskottet blir gitt med 9 ulike satsar for mjølk produsert i område med høge produksjonskostnader i Sør-Noreg, og for all mjølk i Nord-Noreg. Satsane for distriktstilskott varierer frå null og opp til 180 øre per liter.
I jordbruksoppgjeret blei grunntilskottet til geitmjølk og satsane i distriktstilskottet halde på same nivå.
Volumprognosen gir om lag uendra løyvingsbehov samanlikna med budsjett for 2016.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 610,5 mill. kroner til pristilskott for mjølk i 2017. Denne er fordelt med 70,3 mill. kroner til grunntilskott geitmjølk og 540,2 mill. kroner i distriktstilskott til all mjølk.
Underpost 73.15 Pristilskott kjøtt
Ordninga omfattar grunntilskott og distriktstilskott for kjøtt, kvalitetstilskott for storfekjøtt og kvalitetstilskott for heile slakt av lam og kje.
Formålet med tilskotta er å bidra til ei inntekts- og produksjonsutvikling i produksjonen som bidreg til å halde busetjing og sysselsetjing i heile landet ved lag gjennom å jamne ut skilnader i lønsemda i produksjonen. Grunntilskottet skal også bidra til rimelegare kjøtt og foredla kjøttprodukt til forbrukaren, mens kvalitetstilskotta skal stimulere til auka produksjon av kjøtt med høg kvalitet.
Distriktstilskott går i hovudsak til kjøtt frå grovfôrbaserte produksjonar differensiert på fem soner. Det blir også gitt distriktstilskott til produksjon av svinekjøtt i Nord-Noreg, Agder og Vestlandet unnateke Rogaland.
Grunntilskottet for kjøtt blir berre gitt til slakt av sau/lam og geit/kje.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for grunntilskott og alle distriktstilskotta haldne oppe på same nivået som året før.
I 2016 blei tilskott til slakt av lam og kje lagt om frå å bli forvalta saman med produksjonstilskotta til å bli utbetalt via slakteria saman med slakteoppgjera. I dette året blei halvparten av tilskottet framleis utbetalt med bakgrunn i søknad om produksjonstilskott basert på talet på slakt levert året før. Frå 2017 vil heile tilskottet bli utbetalt på grunnlag av talet på slakt levert same året. Dette inneber at posten aukar med 242,5 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon på post 74.
For kvalitetstilskottet til storfekjøtt blei det gjort ei høgare prioritering av dei beste kvalitetane ved at satsen for kvalitet O blei redusert med ei krone, mens satsen for dei betre kvalitetane blei auka med 3 kroner. Dette aukar forbruket på ordninga med om lag 62 mill. kroner.
Volumprognosen viser ein viss auke i kjøttproduksjonen som gir ein effekt tilsvarande om lag 33,3 mill. kroner i auka pristilskott til kjøtt.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 410,1 mill. kroner i 2017. Av dette utgjer grunntilskottet til sau/lam og geit/kje 97 mill. kroner, kvalitetstilskottet til storfekjøtt 250,6 mill. kroner, distriktstilskottet 590 mill. kroner og tilskott til lammeslakt og kjeslakt 472,5 mill. kroner.
Underpost 73.16 Distriktstilskott egg
Formålet med ordninga er å bidra til eggproduksjon i heile landet gjennom å jamne ut geografiske skilnader i lønsemda i produksjonen. Tilskottet omfattar Nord-Noreg og Vestlandet unnateke Rogaland. I jordbruksoppgjeret blei satsane redusert for både Vestlandet og Nord-Noreg tilsvarande ein reduksjon på 2,4 mill. kroner, mens det er prognosert ein volumauke tilsvarande 0,2 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3,2 mill. kroner i 2017.
Underpost 73.17 Distriktstilskott, frukt, bær, grønsaker og potet
Formålet med ordningane er å betre inntekta for produsentane innan grøntsektoren, bidra til ein geografisk spreidd produksjon og stimulere til ordna omsetnadforhold.
Ordninga omfattar distriktsdifferensierte tilskott til konsumproduksjon av eple, pære, plomme, kirsebær, morellar og bær. I tillegg gis det ein fast sats for pressfrukt og til potetproduksjon i Nord-Noreg. Det blir også gitt distriktsdifferensierte tilskott til veksthusproduksjonane tomat og slangeagurk og til salatproduksjon.
Distriktsdifferensieringa følgjer dei same sonene som tilskott til areal- og kulturlandskap.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for distriktstilskott for frukt og bær auka i sone 2–7 med 10–25 øre per kg tilsvarande 2 mill. kroner. I tillegg blei satsen for pressfrukt auka med 25 øre/kg, tilsvarande 1,3 mill. kroner. Volumprognosen gir ei innsparing på 2,6 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 87,1 mill. kroner i 2017.
Underpost 73.18 Frakttilskott
Ordninga omfattar tilskott til frakt av kjøtt, egg, korn, kraftfôrråvarer og kraftfôr. Frakttilskotta skal bidra til å jamne ut prisane til produsent og forbrukar. Frakttilskotta er basert på at råvarekjøper og produsentane må dekkje ein eigenandel av kostnadane.
I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i tilskotta til frakt. Volumprognosen gir ein liten reduksjon i løyvinga på om lag 1,2 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 345,7 mill. kroner i 2017, fordelt med 132,0 mill. kroner til kjøtt, 8,7 mill. kroner til egg og 205,0 mill. kroner til korn og kraftfôr.
Underpost 73.19 Tilskott til prisnedskriving av norsk korn
Formålet med prisnedskrivingstilskottet er å sikre avsetning av norskprodusert korn, erter og oljefrø gjennom marknadsordninga, og å skrive ned prisen på råvarer til matmjøl og kraftfôr. For å fremje avsetninga av økologisk korn og erter, blir det gitt høgare satsar til økologisk produksjon.
I jordbruksoppgjeret blei målprisane auka med følgjande tillegg: matkveite 9 øre/kg, bygg 7 øre/kg, havre 6 øre/kg, oljefrø 7 øre/kg, mens målprisen på matrug ikkje blei endra. Samstundes blei det lagt til grunn ein auke i prisnedskrivingstilskottet med 2,5 øre/kg for å avgrense prisauke på matmel og kraftfôr. Partane la til grunn at det gir ein auke i råvareprisane til kraftfôr på 3 øre/kg. Endringa i prisnedskrivingstilskottet gir auka løyvingsbehov på 25,2 mill. kroner, mens prognosen for kornomsetnad i 2017 aukar løyvinga med 53,0 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 651,2 mill. kroner for 2017.
Underpost 73.20 Tilskott til matkorn
Formålet med ordninga er å gi grunnlag for ein rekningssvarande pris på norsk matkorn og samstundes halde prisen på matmjøl på eit nivå som kan sikre konkurransekrafta til norskprodusert matmjøl og bakevarer samanlikna med import. Tilskottet blir gitt til norske matmjølprodusentar på grunnlag av forbruk av norskprodusert matkorn. Tollsatsen på import av matkorn blir administrert ned til det same nivået som prisen på norsk matkorn minus prisnedskriving.
I jordbruksoppgjeret blei satsen auka med 4 øre/kg, tilsvarande 7,5 mill. kroner. Det er rekna at endringane i målpris og prisnedskriving av matkornet vil gi ei råvareprisauke for matmjølbransjen på om lag 2 øre/kg.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 58,0 mill. kroner i 2017.
Post 74 Direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
74.11 | Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon | 1 349 078 | 1 312 600 | 1 373 400 |
74.14 | Tilskott til husdyr | 2 601 937 | 2 351 110 | 2 182 010 |
74.16 | Beitetilskott | 790 484 | 803 000 | 854 500 |
74.17 | Areal- og kulturlandskapstilskott | 3 129 352 | 3 137 300 | 3 025 900 |
74.19 | Regionale miljøprogram | 427 693 | 428 500 | 422 400 |
74.20 | Tilskott til økologisk landbruk | 105 411 | 107 200 | 107 200 |
Sum post 74 | 8 403 955 | 8 139 710 | 7 965 410 |
Budsjettframlegg 2017
Ordningane under denne posten blir gjerne omtalt som produksjonstilskotta. Det er 2 søknadsomgangar per år. Jordbruksoppgjeret i 2016 ligg til grunn for søknaden i august 2016 som blir betalt ut i februar 2017, og søknaden i januar 2017 som blir betalt ut i juni 2017.
I 2017 vil det bli innført eit nytt forvaltningssystem for produksjonstilskotta og avløysartilskottet, med ein utbetaling per år, basert på søknad med registreringstidspunkt i mars og oktober. Utbetalingane i 2017 vil skje etter den gamle ordninga, mens første utbetaling etter det nye systemet etter planen kjem i februar 2018.
Underpost 74.11 Driftstilskott, mjølkeproduksjon og kjøttfeproduksjon
Formålet med driftstilskottet i mjølkeproduksjonen er å styrkje økonomien i mjølkeproduksjonen. Tilskottet skal også jamne ut skilnader i lønsemd mellom føretak av ulik storleik og mellom bruk i Sør-Noreg og Nord-Noreg, og mellom Jæren og resten av Sør-Noreg. Formålet med driftstilskottet i spesialisert kjøttfeproduksjon er å stimulere til meir norskprodusert storfekjøtt av høg kvalitet.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for driftstilskottet auka med 8000 kroner per bruk. For føretak med færre enn 40 ammekyr, gir det ein auke på 200 kroner per ku. Kombinert med ein vidare nedgang i talet på føretak, som gir ei innsparing på 22,6 mill. kroner, gir dette ein auke i løyvinga på 60,8 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 373,4 mill. kroner for 2017.
Underpost 74.14 Tilskott til husdyr
Tilskottet skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene til føretak med ulike husdyrproduksjonar og etter storleiken på husdyrhaldet. Ordninga skal også støtte birøkt og husdyrhald med dyr av storferasar som er definert som verneverdige.
Tilskottet blir gitt per dyr/slakt/bikube. Satsane per dyreslag blir avtrappa med aukande dyretal per føretak. I jordbruksoppgjeret blei satsane for tilskott til mjølkekyr auka med 241 kroner for dei første 16 kyr, og med 40 kroner for dei første 100 sauene over eit år. For tilskott til avlsgris og slaktegris blei satsane redusert.
I samsvar med avtalen frå jordbruksoppgjeret i 2015 er no tilskott til genbevaring av alle husdyrrasane lagt over frå dei regionale miljøprogramma til ein nasjonal ordning under denne posten. Samstundes blei satsen for bevaringsverdige storfe auka med 700 kroner per dyr. Samla er løyvinga til genbevaring på denne posten auka med 5,3 mill. kroner, men der om lag 4 mill. kroner er flytting av midlar frå post 74.19.
Den samla effekten som følgje av endra satsar i jordbruksoppgjeret og tilpassing av løyvingsbehovet til dyretalet, er eit auka løyvingsbehov på 73,4 mill. kroner. Under post 73.15 er flyttinga av kvalitetstilskottet for lammeslakt og kjeslakt omtalt. Flytting av den siste halvdel av løyvinga frå post 74 til post 73 gir ei redusert løyving på 242,5 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2 182,0 mill. kroner i 2017.
Underpost 74.16 Beitetilskott
Formålet med ordningane er å stimulere til pleie av kulturlandskap og å oppnå ei god utnytting av utmarksbeiteressursane.
Ordninga består av eit tilskott for dyr som beitar i utmark, og eit tilskott for dyr som beitar i kulturlandskapet (innmark og/eller utmark). Det er krav til minimum beitetid for å få rett til tilskotta, og dei som får tilskott for dyr som beitar i utmark kan også få det generelle beitetilskottet for dei same dyra.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for tilskott til utmarksbeite auka med 42 kroner for kyr, storfe og hest, mens det blei auka med 12 kroner per dyr for sau, lam og kje. For beitetilskottet blei det ikkje gjort endringar. Saman med prognosane som viser eit auka forbruk av tilskott med gjeldande satsar, gir dette ei auka løyving på posten med 51,5 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 854,5 mill. kroner i 2017, som fordeler seg med 434,5 mill. kroner til dyr på utmarksbeite og 420 mill. kroner i generelt beitetilskott.
Underpost 74.17 Areal- og kulturlandskapstilskott
Formålet med tilskottet er å bidra til å skjøtte, vedlikehalde og utvikle kulturlandskapet gjennom aktiv drift, og til å halde jordbruksareal i drift i samsvar med gjeldande landbrukspolitiske mål. Tilskottet er ein del av det nasjonale miljøprogrammet, og må kunne dokumentere oppfølging av miljøkrav knytt til produksjonen for å oppnå maksimalt tilskott.
Ordninga er samansett av eit kulturlandskapstilskott med den same satsen per dekar til alt jordbruksareal som fyller vilkåra for arealtilskott. Som eit tiltak for å nå målet om aktivt jordbruk over heile landet, blir det i tillegg gitt eit arealtilskott der satsane per dekar er differensiert ut frå type produksjon og kvar i landet produksjonen skjer. Dette skal bidra til å styrkje og jamne ut inntektene mellom ulike produksjonar, og mellom distrikta.
I jordbruksoppgjeret blei satsen i det generelle kulturlandskapstilskottet redusert med 13 kroner per dekar til 172 kroner. Det gir ei innsparing på 119 mill. kroner.
For å stimulere til ei betre produksjonsfordeling mellom kornområda og grasproduksjon, blei partane i jordbruksoppgjeret samde om å redusere arealtilskottet til grasproduksjon i sone 1 og noko i sone 3–4, mens arealtilskottet til korn blei auka i sone 1–4. Etter dette blei arealtilskottet til gras redusert med 20,0 mill. kroner, mens arealtilskottet til korn aukar med 36,0 mill. kroner.
Tilpassing av løyvinga til den gjeldande arealfordelinga gir ei innsparing på 8,3 mill. kroner for posten sett under eitt.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 3 025,9 mill. kroner i 2017. Dette fordeler seg med om lag 1 464,0 mill. kroner i kulturlandskapstilskott og 1 561,8 mill. kroner i arealtilskott.
Underpost 74.19 Regionale miljøprogram (RMP)
Formålet med ordninga er å sikre miljøkvalitetar og kulturlandskap og å hindre erosjon og avrenning av næringssalt til vatn gjennom regionalt og lokalt tilpassa regelverk for økonomisk støtte.
Ordninga opnar for at fylka kan støtte dei tiltaka som er mest målretta i sitt område, og vil bidra til å hindre attgroing og stimulerer til beiting og auka opplevingskvalitetar i kulturlandskapet. Rapportering tyder på stor aktivitet omkring arbeidet i fylka og at det gir auka målretting og differensiering av miljøarbeidet.
Regionale miljøprogram bidreg til gjennomføring av mange regionalt tilpassa miljøtiltak. Dette gir betre måloppnåing enn gjennom nasjonale ordningar, fordi miljøutfordringane varierer frå fylke til fylke.
I jordbruksoppgjeret blei det gjort enkelte forenklingar i ordninga. Tilskott til genbevaring av husdyrrasane blei i jordbruksoppgjeret 2016 vedteke flytta til ei nasjonal ordning under tilskott til husdyr på post 74.14. Dette reduserer løyvinga på posten med om lag 4 mill. kroner frå 2017. Partane var samde om å auke tildelinga til Nord-Trøndelag og Nordland med 0,5 mill. kroner for å setje av friarealer for gås.
Den samla løyvinga på posten er etter dette redusert med 6,1 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 422,4 mill. kroner i 2017.
Underpost 74.20 Tilskott til økologisk landbruk
Formålet med posten er å stimulere til at ein større del av jordbruksproduksjonen skjer i form av økologisk produksjon. Ordninga omfattar ekstra arealtilskott og husdyrtilskott til økologisk produksjon.
I jordbruksoppgjeret blei satsane for tilskott til økologisk produksjon av grønsaker, frukt og bær auka med 150 kroner per dekar, og til poteter med 100 kroner per dekar. Dei ekstra husdyrtilskotta til økologisk produksjon blei auka for alle husdyrslag innanfor ei ramme på 6,4 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 107,2 mill. kroner i 2017. Dette fordeler seg med 68,4 mill. kroner i husdyrtilskott og 38,8 mill. kroner i arealtilskott.
Post 77 Utviklingstiltak, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
77.11 | Tilskott til dyreavl m.m. | 85 354 | 86 500 | 83 300 |
77.12 | Tilskott til frøavl m.m. | 13 141 | 13 720 | 13 720 |
77.13 | Tilskott til rådgiving | 82 500 | 82 500 | 84 500 |
77.14 | Tilskott til pelsdyrfôrlag | 17 800 | ||
77.15 | Tilskott til kvalitetstiltak | 49 912 | 51 160 | 51 860 |
77.17 | Tilskott til fruktlager | 13 000 | 13 000 | 13 000 |
Sum post 77 | 261 708 | 246 880 | 246 380 |
Budsjettframlegg 2017
Underpost 77.11 Tilskott til dyreavl m.m.
Tilskott til dyreavl m.m. skal bidra til avlsmessig framgang og populasjonar av friske og sunne husdyr tilpassa miljøet. Ordninga skal også sikre genetisk variasjon i populasjonane og byggje på berekraftige prinsipp basert på ein tilstrekkeleg stor effektiv avlspopulasjon og inkludering av funksjonelle eigenskapar i avlsmålet.
Løyvinga skal sørgje for at kostnadene med inseminering av ku og svin kan haldast på om lag same nivå i heile landet og bidra til å jamne ut kostnadene mellom husdyrbrukarar som nyttar veterinærtenester.
I jordbruksoppgjeret blei maksimalsatsen for veterinærreise med båt auka samstundes som det blei sett eit tak for andre kostnader knytt til båtreise som samla er venta å gi 1 mill. kroner i innsparing.
For 2017 er det prognosert 24,6 mill. kroner i tilskott til semintenester, 44,5 mill. kroner til veterinærreiser og 14,2 mill. kroner til avlsorganisasjonar.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på om lag 83,3 mill. kroner for 2017.
Underpost 77.12 Tilskott til frøavl m.m.
Formålet med ordninga er å fremje frøforsyning av gras, belgvekstar, rotvekstar og grønsaker med klimatilpassa sortar. Det kan nyttast tre ulike typar tilskott under ordninga; pristilskott, arealtilskott og lagringstilskott. For å sikre tilgang av klimatilpassa såvare blir det også gitt tilskott til overlagring av såkorn mellom kornsesongar.
Tilskottet til frøavl blir gitt til sertifisert frøavl av godkjende sortar. Ny revidert forskrift for ordninga vil bli fastsett hausen 2016. I jordbruksoppgjeret blei avsetninga til frøavl på 10,0 mill. kroner vidareført. Eventuelle endringar i reglar og satsar tilpassast løyvinga. Også avsetninga til lagring av såkorn blei vidareført med 3,7 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13,7 mill. kroner for 2017.
Underpost 77.13 Tilskott til rådgiving
Formålet med ordninga er å bidra til kunnskapsoppbygging hos bøndene ved å leggje eit økonomisk grunnlag for drift i dei lokale rådgivingseiningane hos Norsk Landbruksrådgiving (NLR). Rammevilkåra og utfordringane for landbruket krev både næringspolitiske tilpassingar, produksjonstilpassingar og faglege tilpassingar. Løyvinga over jordbruksavtalen er med på å sikre eit likeverdig rådgivingstilbod over heile landet.
Rådgivingseiningane utgjer eit fagleg bindeledd mellom landbruksforskinga og landbruket. NLR si verksemd er viktig for å utvikle god agronomi og auka kompetanse i næringa. Dei har kjernekompetanse på god agronomi og gir råd innan planteproduksjon, maskin- og byggteknikk, næringsutvikling, føretaksøkonomi, økologisk landbruk, miljøtiltak, klimatiltak og HMS.
Partane i jordbruksoppgjeret var samde om at NLR skal ha ansvar for arbeidet med styrking av datagrunnlaget for plantevernmiddel. Vidare skal NLR forvalte mentorordning for landbruket i samarbeid med Innovasjon Noreg. Minst 14 mill. kroner av dei tildelte midlane skal gå til HMS-rådgiving og minst 5,5 mill. kroner skal nyttast til byggteknisk rådgiving. Utover dette blir rådgivingsaktiviteten i NLR halde oppe på same nivå som i dag innan alle rådgivingsområda NLR har ansvaret for. Prosjektet Klimarådgiving på gardsnivå er eit nytt, viktig arbeid NLR er involvert i med sikte på å få etablert eit godt rådgivingstilbod for klimatiltak og klimatilpassing i jordbruket.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 84,5 mill. kroner for 2017, ein auke på 2 mill. kroner.
Underpost 77.15 Tilskott til kvalitetstiltak
Ordninga skal bidra til å gjere norske jordbruksprodukt meir konkurransedyktige på heimemarknaden og på eksportmarknadene.
Formålet med framavlsarbeidet og det offentlege engasjementet i dette er å skaffe den norske potet- og grøntnæringa plantemateriale som er kontrollert for bestemte skadegjerarar, og med definerte eigenskapar tilpassa norske forhold. Formålet med å gi tilskott til statskontrollert settepotetavl er å stimulere til auka bruk av settepoteter av høg kvalitet.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 51,86 mill. kroner i 2017 som er fordelt på følgjande tilskottsordningar:
Utvikling av plantemateriale – oppformering | 35,36 mill. kroner |
Kvalitetstiltak settepotetavl | 7,50 mill. kroner |
Handlingsplan for berekraftig bruk av plantevernmiddel | 9,00 mill. kroner |
Underpost 77.17 Tilskott til fruktlager
Formålet med tilskottet til fruktlager er å fremje eit forpliktande samarbeid om felles lagring, sortering, pakking og omsetnad av frukt som bidreg til å sikre forbrukarane tilgang på norsk kvalitetsfrukt. Det blei ikkje gjort endringar i jordbruksoppgjeret.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 13 mill. kroner til ordninga i 2017.
Post 78 Velferdsordningar, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
78.11 | Tilskott til avløysing for ferie/fritid | 1 174 809 | 1 177 719 | 1 167 019 |
78.12 | Tilskott til avløysing for sjukdom m.m. | 164 858 | 167 700 | 158 400 |
78.14 | Tilskott til sjukepengeordninga i jordbruket | 88 000 | 88 000 | 73 000 |
78.15 | Tilskott til landbruksvikarordninga | 60 649 | 64 000 | 63 000 |
78.16 | Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar | 82 287 | 85 035 | 80 535 |
Sum post 78 | 1 570 602 | 1 582 454 | 1 541 954 |
Budsjettframlegg 2017
Underpost 78.11 Tilskott til avløysing for ferie/fritid
Formålet med ordninga er å leggje til rette for at husdyrbrukarar skal kunne ta ferie og få ordna fritid og hjelp til avlasting gjennom å bidra til finansiering av leige av arbeidskraft.
Tilskottet blir rekna ut på grunnlag av satsar per dyr. Satsane er differensierte etter dyreslag, men avgrensa til eit maksimalt tilskott per føretak på 74 200 kroner. Det er eit krav i ordninga at det skal kunne dokumentarast faktiske kostnader til avløysing.
I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar i denne ordninga. Reduksjon i talet på føretak med husdyr gir ei innsparing på knapt 11 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 167 mill. kroner for 2017.
Underpost 78.12 Tilskott til avløysing for sjukdom m.m.
Formålet med ordninga er å bidra til å finansiere avløysing på føretak med husdyrproduksjon, honningproduksjon eller heilårs veksthusproduksjon, og til føretak med planteproduksjon i onneperiodar. Finansieringa skal skje når brukaren på grunn av sjukdom eller andre særlege grunnar ikkje kan ta del i arbeidet på bruket.
Tilskottet til husdyrbrukarar blir fastsett ut frå utrekna maksimalt tilskott i ordninga med tilskott til avløysarutgifter for ferie og fritid. For veksthusprodusentar blir tilskottet fastsett ut frå veksthusarealet. Ut frå dette grunnlaget blir det rekna ut maksimale dagsatsar for tilskottet. Tilskottet blir gitt for faktiske utgifter til avløysing, opp til maksimal dagsats for det enkelte bruk.
I jordbruksoppgjeret blei dagsatsen auka frå 1 500 kroner til 1 530 kroner, tilsvarande 3,4 mill. kroner. Samstundes gir redusert bruk av ordninga ei innsparing på vel 12 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 158,4 mill. kroner for 2017.
Underpost 78.14 Tilskott til sjukepengeordninga i landbruket
Den kollektive innbetalinga over jordbruksavtalen til sjukepengeordninga dekkjer NAV sine kostnader knytt til auke i sjukepengane frå 65 til 100 pst. av sjukepengegrunnlaget ved sjukdom utover 16 dagar. Tilskottet blir utbetalt av NAV til jord- og skogbrukarar som oppfyll dei generelle vilkåra for utbetaling av sjukepengar. Løyvinga blir fastsett ut frå NAV si utbetaling over ordninga dei seinare åra. Midlane blir overførte sentralt til Folketrygda. Reduserte utbetalingar har gitt ei innsparing på 15 mill. kroner på ordninga.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 73 mill. kroner til ordninga for 2017.
Underpost 78.15 Tilskott til landbruksvikarordninga
Formålet med landbruksvikarordninga er å sikre at primærprodusentane over heile landet har tilgang på arbeidshjelp når dei treng det ved akutt sjukdom eller i andre krisesituasjonar. Det er eit mål at ordninga vil nå eit omfang på 240 årsverk. Maksimal støtte per årsverk er 270 200 kroner.
I jordbruksoppgjeret blei det ikkje gjort endringar, men det er prognosert ei innsparing på 1 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 63 mill. kroner for 2017.
Underpost 78.16 Tilskott til tidlegpensjonsordning for jordbrukarar
Formålet med ordninga er å bidra til lettare generasjonsskifte for dei som har hatt hovuddelen av inntektene sine frå jordbruk/gartneri og skogbruk. Det er prognosert ein vidare reduksjon i talet på dei som får tilskott over ordninga, tilsvarande ei innsparing på 4,5 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 80,5 mill. kroner for 2017.
Kap. 4150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
85 | Marknadsordninga for korn | 45 | ||
Sum kap. 4150 | 45 |
Formål med løyvinga
Posten omfattar inntektene frå prisutjamningsbeløp på kraftfôrråvarer.
Ordninga har som formål å sikre tilnærma like konkurransevilkår mellom korn og andre råvarer i kraftfôr til husdyr. I jordbruksavtalen blir det rekna ut referanseprisar for protein og fett som gir om lag den same råvareprisen for energien i desse varene som for norsk korn. Råvarer som soyabønner blir ikkje pålagt toll når dei blir importert til Noreg som mat. Den delen av dette som blir brukt til produksjon av kraftfôr til husdyr blir då pålagt ei prisutjamning.
Rapportering 2015
Verdsmarknadsprisane på soya og proteinråvarer har i lengre tid vore så høge samanlikna med prisen på norskprodusert korn at det ikkje blei gort prisutjamning i 2015 og 2016.
Budsjettframlegg 2017
I jordbruksoppgjeret ga prisendringane på norsk korn grunnlag for ein auka referansepris på soya 6,3 øre per kg.
Verdsmarknadsprisane er framleis så høge at det likevel ikkje er prognosert prisutjamningsbeløp i 2017.
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
51 | Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet | 45 900 | 35 600 | 31 600 |
72 | Tilskott til organisasjonsarbeid | 6 100 | 6 100 | 6 100 |
75 | Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast | 65 168 | 68 700 | 74 200 |
79 | Velferdsordningar, kan overførast | 2 185 | 2 600 | 2 600 |
Sum kap. 1151 | 119 353 | 113 000 | 114 500 |
Formål med løyvinga
Kapittelet omfattar løyvingar til gjennomføring av reindriftsavtalen.
Reindriftsavtalen er, ved sida av reindriftslova, det viktigaste verkemiddelet for å følgje opp måla og retningslinene i reindriftspolitikken. I forhandlingane om reindriftsavtalen blir dei sentrale økonomiske verkemidla drøfta, mellom anna ut frå dei behova og utfordringane næringa til ei kvar tid står overfor.
For nærare omtale av mål og strategiar i reindriftspolitikken, og resultata frå dei ulike tiltaka som sorterer under reindriftsavtalen, sjå omtale under kat. 15.30, Prop. 77 S (2015–2016) Reindriftsavtalen 2016/2017 og Innst. 278 S (2015–2016). Nærare omtale av målsetjingane for dei enkelte ordningane på kapittelet går fram av budsjettframlegg for 2017.
Tilpassing til økonomiregelverket i staten
Tilsvarande som for tilskottsforvaltninga under kap. 1150, er det også behov for tilpassingar til dei normale prosedyrane for ordningar under kap. 1151. Kostnadssenkande og direkte tilskott under post 75 og velferdsordningar under post 79 er baserte på fastsette kriterium. Ordningane utgjer ein del av avtalesystemet med fleire mål og ei rekkje verkemiddel som verkar samstundes mot dei same måla. Resultatrapporteringa skjer difor samla basert på rapportering frå Økonomisk utval for reindrifta før dei årlege forhandlingane om reindriftsavtalen. Rapporteringa blir i tillegg supplert av vurderingsrapportar og statusnotat frå forvaltninga som grunnlag for å vurdere korleis dei enkelte ordningane verkar. For ordningane under postane 75 og 79 er det ikkje aktuelt å hente inn rapport frå tilskottsmottakarane.
Hovuddelen av tilskottsforvaltninga er delegert til Landbruksdirektoratet. Størsteparten av dei administrative kostnadene til forvaltning av tilskottsordningane blir direkte dekte innanfor løyvingane over kap. 1142. For å kunne ha naudsynt fleksibilitet vil det likevel vere aktuelt å trekkje nokre utviklings- og utgreiingskostnader på nokre av tilskottsordningane. Det same gjeld store evalueringar. På enkelte område skjer forvaltninga av tilskott gjennom Innovasjon Noreg (IN). I samband med dette har departementet klargjort ansvar og oppgåver for IN. Vidare er det på ein del område eit styre som forvaltar ordningar. Dette styret er partssamansett. Styret skal tildele tilskottsmidlar, mens Landbruksdirektoratet er sekretariat for styret.
Rapportering 2015
Reindriftslova av 2007 skal gi grunnlag for ei god indre organisering og forvaltning av reindrifta. I tillegg skal reindriftsnæringa etter lova, gjennom internt sjølvstyre, sjølv spele ei aktiv rolle og ha ansvaret for at reindrifta er berekraftig. Eit sentralt verktøy i denne samanhengen er bruksreglane. Dei siste åra har styresmaktene sitt arbeid vore prega av bistand og tett oppfølging av næringa sitt arbeid med å utarbeide bruksreglar og oppfølging av vedtak om øvre reintal. Sjå kap. 1142 for nærare omtale.
Tal frå rekneskapet i totalkalkylen viser ein nedgang i resultatoppnåinga frå 2013 til 2014. Det samla vederlaget for arbeid og eigenkapital er redusert frå 59,1 mill. kroner til 54,1 mill. kroner. Denne reduksjonen kjem i hovudsak av ein nedgang i erstatningane og ein auke i kostnadane. Førebelse tal viser ei meir positiv utvikling i 2015. Hovudårsaka til dette er ein auke i slakteuttaket og i gjennomsnittsprisen til reineigar.
Marknadssituasjonen for reinsdyrkjøtt er god. Alt av kjøtt på lager er bortimot seld ved inngangen til sommaren 2016. I motsetning til i 2010 og 2011 inneber dette at reineigarane ikkje har problem med å få levert rein til slakteri.
Budsjettframlegg 2017
Den 16. februar 2016 kom staten og Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) fram til ein avtale for 2016/2017. Reindriftsavtalen for 2016/2017 har ei ordinær ramme på 114,5 mill. kroner. Dette er ein auke på 1,5 mill. kroner samanlikna med reindriftsavtalen 2015/2016.
Hovudmålet med reindriftsavtalen 2016/2017 er å leggje til rette for å utvikle reindriftsnæringa som ei rasjonell marknadsorientert næring som er berekraftig i eit langsiktig perspektiv. I tråd med regjeringsplattforma blir tiltak som stør opp om økologisk berekraft prioriterte. Gjennom arbeidet med fastsetjing av eit økologisk berekraftig reintal har det blitt mogleg å knyte saman verkemidla over reindriftsavtalen og reindriftslova. Dei to siste reindriftsavtalane har støtta opp om dei som har følgt opp vedtaka om reduksjon, mens dei som ikkje har følgt reduksjonskrava ikkje har vore i posisjon til å få tilskott. Dei produksjonsretta tilskotta har blitt prioriterte føre tilskott som ikkje direkte stimulerer til auka slakting og omsetnad. Også innanfor Reindriftens utviklingsfond (RUF) er tiltak som legg til rette for auka slakting og omsetnad blitt prioritert. Særleg bør auken av kalveslaktetilskottet trekkjast fram. Uttak av kalv reduserer presset på vinterbeita og med det tapa gjennom vinteren. Auka uttak av kalv bidreg også til auka produktivitet fordi tilveksten på kalv er større enn tilveksten på større dyr.
Den framforhandla avtalen forsterkar ytterlegare den næringsretta merksemda, og stør opp om forvaltninga av reindrifta som ei næring. Ved at avtalen legg til rette for auka slakting og omsetnad av reinsdyrkjøtt i alle ledd i verdikjeda, gir avtalen grunnlag for ei positiv utvikling og auka inntening hos den enkelte reineigaren. Samstundes underbyggjer den framforhandla avtalen den dreiinga ein har hatt i reindriftsavtalen sine verkemiddel dei siste åra, med ei tilrettelegging for dei reindriftsutøvarane som har reindrift som hovudverksemd. Dette er i tråd med komiteen sin fleirtalsmerknad i samband med Stortingets handsaming av reindriftsavtalen 2016/2017, jf. Innst 277 S. (2015–2016).
Departementet gjer framlegg om løyvingar under kap. 1151 for 2017 i samsvar med Stortinget si handsaming av reindriftsavtalen for 2016/2017, jf. Innst. 277 S (2015–2016). I omtalen av dei enkelte postane er det gjort kort greie for formål og innhald i dei ulike ordningane. Nærare omtale finst i Prop. 77 S (2015–2016) Reindriftsavtalen 2016/2017 og endringer i statsbudsjettet 2016 m.m. og Innst. 277 S (2015–2016).
Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet
Reindriftas Utviklingsfond (RUF) skal gjennom bruk av økonomiske verkemiddel bidra til å utvikle reindriftsnæringa i samsvar med dei reindriftspolitiske måla. Frå fondet blei det gjort følgjande avsetningar:
1,45 mill. kroner til konfliktførebyggjande tiltak,
5,50 mill. kroner til Utviklingsprogrammet
2,00 mill. kroner til vidareføring av fagbrevordninga,
4,00 mill. kroner til ulike marknadsføringstiltak,
3,20 mill. kroner til pramming av rein,
0,25 mill. kroner til lærings- og omsorgsbaserte tenester
0,60 mill. kroner til drift av nytt klassifiseringssystem
1,00 mill. kroner til fjerning av gammalt gjerdemateriell m.m.
0,50 mill. kroner til reindriftsfagleg medverknad i regional forvaltning
1,50 mill. kroner til utvikling av NRL som organisasjon
Avsetningane frå RUF utgjer samla 31,6 mill. kroner. Dette er ein reduksjon på 4,0 mill. kroner samanlikna med Reindriftsavtalen 2015/2016.
Post 72 Tilskott til organisasjonsarbeid
Dei store utfordringane reindriftsnæringa står overfor krev ei aktiv deltaking frå næringa sjølv. Organisasjonstilskottet til Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) er sett til 6,1 mill. kroner, av dette 200 000 kroner til HMS-tiltak i reindrifta.
Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Underpost | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
75.11 | Frakttilskott | 1 743 | 3 000 | 2 500 |
75.12 | Tilskott til driftseiningar og tamreinlag | 52 702 | 55 400 | 61 300 |
75.13 | Distriktstilskott | 10 723 | 10 300 | 10 400 |
Sum post 75 | 65 168 | 68 700 | 74 200 |
Tilskotta skal bidra til å fremje berekraft, kvalitet og produktivitet i reindrifta, heve inntekta og verke utjamnande mellom einingar i næringa. Departementet gjer framlegg om ei samla løyving under posten på 74,2 mill. kroner for 2017, jf. omtalen nedanfor.
Underpost 75.11 Frakttilskott
Formålet med frakttilskottet er å bidra til å jamne ut prisane på reinsdyrkjøtt til reineigarane i ulike distrikt og å bidra til konkurranse og auka slakting og omsetnad av reinsdyrkjøtt. Tilskottet skal også bidra til meir slakt av rein før innflytting til haust- og vinterbeiter. Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner.
Underpost 75.12 Tilskott til siidaandelar og tamreinlag
Dette tilskottet er inndelt i følgjande ordningar:
Produksjonspremie: Formålet med produksjonspremien er å premiere innsats, produksjon og vidareforedling i næringa. Produksjonspremien til siidaandelane blir rekna med 37 pst. av avgiftspliktig sal av kjøtt og biprodukt frå rein. Vidare blir det utbetalt produksjonspremie for andre avgiftspliktige inntekter frå vidareforedla produkt frå reinen. Det blir ikkje utbetalt produksjonspremie for avgiftspliktig inntekt som overstig 0,6 mill. kroner per siidaandel og 1 mill. kroner per tamreinlag. Produksjonspremien blir utbetalt til eigaren av siidaandelen. For tamreinlaga vil årsrekneskapen danne grunnlaget for utrekninga av produksjonspremien. Det er sett av 29,5 mill. kroner til produksjonspremie.
Etableringstilskott: Ordninga med tilskott ved overdraging av siidaandel blir vidareført med ein sats på 80 000 kroner det første året, deretter blir satsen sett til 65 000 kroner dei to påfølgjande åra. Det er sett av 1,9 mill. kroner til etableringstilskott.
Særskilt driftstilskott til ungdom: Det blir gitt eit særskilt driftstilskott på 25 000 kroner til leiar av siidaandelar som er under 30 år per 1. januar 2017. Der er sett av 1,4 mill. kroner til ordninga med særskilt driftstilskott til ungdom.
Kalveslaktetilskott: Satsen for tilskottet er 475 kroner per kalv. Det er sett av 26,6 mill. kroner til ordninga med kalveslaktetilskott.
Ektefelletillegg: Ordninga med tillegg til siidaandelar der begge ektefellane eller sambuarane utøver aktiv reindrift er fastsett med ein sats på 30 000 kroner. Det er sett av 1,6 mill. kroner til ordninga med ektefelletillegg.
Samla blir det gjort framlegg om ei løyving på 74,2 mill. kroner.
Underpost 75.13 Distriktstilskott
Formålet med distriktstilskottet er å bidra til at reinbeitedistrikta skal kunne ta auka ansvar for utvikling av næringa i ei berekraftig retning. Dette inneber å få talet på rein i balanse med beitegrunnlaget, sikring av areala til reindrifta, auka lønsemd og tilrettelegging for kriseberedskap.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 10,4 mill. kroner.
Post 79 Velferdsordningar
Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med tidlegpensjon. Satsen for einbrukarpensjon er 100 000 kroner per år, og tobrukarpensjon er sett til 160 000 kroner. Posten omfattar ordninga med medlemsavgift til folketrygda og sjukepengeordninga. Det gjeldande regelverket og dei gjeldande satsane blir ført vidare.
Det er sett av 1,0 mill. kroner til ordninga med særskilt tilskott for leigd hjelp ved svangerskap/fødsel. Tilskottet skal bidra til å styrkje stillinga til kvinner i reindrifta. Det gjeldande regelverket og dei gjeldande satsane blir ført vidare.
Det er sett av 0,6 mill. kroner til sjukepengeordninga. Den kollektive innbetalinga over reindriftsavtalen til sjukepengeordninga dekkjer tilleggspremien for ein auke av sjukepengane frå 65 pst. til 100 pst. av inntektsgrunnlaget for sjukdom utover 16 dagar. Fødselspengar blir også gitt med 100 pst. av inntektsgrunnlaget. Løyvinga er rekna ut med utgangspunkt i samla næringsinntekt for dei utøvarane i reindrifta som går inn under ordninga. Midlane blir overførte sentralt til folketrygda.
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 2,6 mill. kroner.
Kap. 1161 Myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver på statsgrunn
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
70 | Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver | 13 912 | 14 215 | 14 215 |
75 | Tilskott til oppsyn i statsalmenningar | 9 939 | 10 156 | 10 156 |
Sum kap. 1161 | 23 851 | 24 371 | 24 371 |
Post 70 Tilskott til Statskog SFs myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver
Formål med løyvinga
Posten omfattar tilskott til Statskog SF sitt arbeid med dei oppgåvene som er omtalte i avtalen mellom Statskog SF og Landbruks- og matdepartementet om delegerte myndigheitsoppgåver og sektorpolitiske oppgåver.
Statskog SF skal sørgje for at dei rettane bruksrettshavarar og andre har på eigedommane blir sikra i samsvar med lover, forskrifter og politiske retningsliner. Føretaket skal arbeide for ei areal- og ressursdisponering som er tenleg for samfunnet, for dei distrikta der eigedommane ligg og for staten som eigar. Innanfor skogbruket følgjer oppgåvene av lov om skogsdrift i statsallmenningar, og oppgåvene er særleg knytte til utvising av virke i statsallmenningar til dekking av bruksrettar. I tillegg inngår arbeid med salsvirke til inntekt for allmenningsfonda.
Vidare utfører Statskog SF offentlegrettslege oppgåver der føretaket handlar som offentleg styresmakt, handsamar saker og gjer vedtak i samsvar med fjellova og lov om skogsdrift mv. i statsallmenningane. Statskog SF sine utgifter til tilskottsforvaltninga for post 75 Oppsyn i statsallmenningar blir også dekte av denne posten.
I tillegg til dei lovpålagde oppgåvene har Statskog SF ei rekkje oppgåver som har grunnlag i pålegg og retningsliner frå departementet. Statskog SF skal vere til stades på eigedommane og ha oppsyn og kontakt med brukarar av areala. Statskog SF har eit eige feltapparat for naturoppsyn og forvaltning av statleg grunn i Nordland og Troms. Tenesta skal gjennom informasjon og rettleiing, overvaking, skjøtsel og tilrettelegging bidra til å sikre naturverdiar og bevaring av biologisk mangfald. Fjelltenesta sel tenester til fleire oppdragsgivarar, mellom anna miljøvernstyresmaktene. Statskog SF har inngått ein samarbeidsavtale med Statens naturoppsyn (SNO) om at Fjelltenesta skal utføre offentlegrettsleg naturoppsyn for SNO.
Statskog SF skal leggje til rette for at folk flest skal kunne drive eit aktivt friluftsliv på føretaket sine areal. Som ledd i dette arbeidet held føretaket opne husvære i fjellet, merkjer stiar og løyper og byggjer og driv vedlikehald av bruer, klopper, rasteplassar og fiskebrygger. Tiltaka har ofte innslag av kulturminnevern. Statskog SF har eit nært samarbeid med miljøvern-, landbruks- og helsestyresmakter og dei frivillige organisasjonane i dette arbeidet.
Rapportering 2015
På post 70 er det i 2015 rekneskapsført 13,912 mill. kroner, som er i samsvar med løyvinga. Rekneskapen viser at det er nytta 2,1 mill. kroner på skogbruksverksemd i statsallmenningane i 2015. Dette er litt høgare enn året før. Om lag 33 000 m3 tømmer og ved er utvist til bruksrettshavarane eller seld til inntekt for allmenningsfonda. Samla utgjer avverka kvantum i 2015 om lag 60 pst. av balansekvantumet. Det blei brukt i underkant av 0,2 mill. kroner til offentlegrettslege oppgåver der føretaket har handla som offentleg styresmakt. Dette er mindre enn frå året før, og kjem mellom anna av at det har vore færre klagesaker.
Vidare viser rekneskapen at det i 2015 blei brukt 5,5 mill. kroner til oppsyn, og dette er om lag på same nivå som året før. Oppsynet rettar seg mot førebyggjande verksemd, ordinært oppsyn, vedlikehald og skjøtsel av areala. I 2015 har oppsynet vore meir til stades i oppsynsområdet enn i 2014.
Til arbeidet med friluftsliv blei det i 2015 brukt om lag 5,3 mill. kroner, ein nedgang på om lag 0,6 mill. kroner samanlikna med 2014. Tiltaka er utførte i samsvar med føretaket sin eigen Handlingsplan for friluftslivet 2013–2015. I 2015 har Statskog SF mellom anna arbeidd med å markere friluftslivets år.
Grunneigarfondet
Statskog SF har ansvaret for forvaltninga av grunneigarinntektene frå statsallmenningane. Inntektene går inn på eit eige fond, Grunneigarfondet. Hovuddelen av inntektene er frå festekontraktar i statsallmenningane, i tillegg kjem inntekter frå fallrettar, eigedomsutvikling og andre grunndisponeringstiltak. Bruken av Grunneigarfondet er regulert i § 12 i fjellova. Inntektene skal nyttast til dekning av utgifter til administrasjon av statsallmenningane og til stønad til ein fellesorganisasjon for fjellstyra (Noregs Fjellstyresamband). Fondet skal også nyttast til tiltak i statsallmenningane, med sikte på verdiskaping og lønsame arbeidsplassar. Slike tiltak skal gjennomførast i samråd med Noregs Fjellstyresamband.
Behaldninga i Grunneigarfondet var per 31.12.2015 på 9 mill. kroner. Dette er ein auke på 0,9 mill. kroner samanlikna med 2014. Inntektene var på 23,7 mill. kroner, og kostnadene på 23,3 mill. kroner. Resultatet for 2015 var på 0,6 mill. kroner. Økonomien i Grunneigarfondet er viktig for omfanget av og kvaliteten på Statskog SF sin administrasjon og forvaltning og føretaket si moglegheit for å bruke midlar til tiltak. Tilskottet til Noregs Fjellstyresamband er 2,6 mill. kroner for 2016 og 2,7 mill. kroner for 2017.
Allmenningsfonda var per 31.12.2015 på 88,6 mill. kroner. Fonda skal saman med avsett skogfond på opp mot 1 mill. kroner nyttast til investeringar i skogbruket i den enkelte allmenningen.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 14,215 mill. kroner.
Statskog SF sine oppgåver knytte til skogbruk i statsallmenningar omfattar planlegging og gjennomføring av arbeidet med utvising av virke til dei med bruksrett, skogbruksplanar, miljøregistreringar i skog, landskapsplanar med vidare.
Det vil også i 2017 vere behov for å føre tilsyn med Statskog SF sine areal for å ivareta staten sine rettar som grunneigar. Fjelltenesta tek dette i vare på statsgrunn i Nordland og Troms gjennom oppsyn, nærvær og brukarkontakt.
Statskog SF skal i 2017 halde fram med å leggje til rette for allmenta si bruk av og tilgang til areala. Innsatsen skal i hovudsak rettast mot kvalitetssikring og vedlikehald av eksisterande anlegg og tilbod som fremjar sikkerheit for og vern av kulturminne, og informasjon om tilboda. Det er behov for vedlikehald av opne husvære for allmenta. Mange av desse blei tidlegare nytta i næringsverksemd, og er viktige kulturelement som bør haldast i stand så langt som mogleg. Statskog SF er no i ferd med å selje ein del av desse husværa, men det vil framleis vere utfordringar knytt til vedlikehald av damanlegg, husvære o.a. som treng opprusting. Departementet ber Statskog SF halde fram med å samarbeide med andre aktørar for å bidra til merksemd retta mot friluftsliv og dei store moglegheitene allmenta har til å drive friluftsliv i statsallmenningane og på anna statsgrunn.
Statskog må også i 2017 prioritere arbeid med forvaltningsplanar for Statens kulturhistoriske eigedommar (SKE).
Post 75 Tilskott til oppsyn i statsallmenningar
Formål med løyvinga
Posten dekkjer tilskott til dei oppsynsordningane fjellstyra har i statsallmenningane i samsvar med § 36 i fjellova. Fjellstyra kan tilsetje oppsynsmenn til å føre tilsyn med statsallmenningen. Oppsynsmenn blir lønte av fjellkassa. Når tilsetjinga av oppsynsmenn er skjedd i samsvar med oppsynsordninga som departementet har godkjent og innanfor årlege budsjett, har fjellstyra krav på å få refundert halvparten av lønsutgiftene frå denne posten. Ordninga skal leggje til rette for å ivareta samfunnsinteresser, oppsyn og tilrettelegging der staten som grunneigar har eit spesielt ansvar. Fjellstyret gir ein instruks for oppsynstenesta, som blir godkjend av Statskog SF. Forvaltninga av tilskottsordninga er delegert til Statskog SF.
Statsallmenningane i Sør- og Midt-Noreg utgjer om lag 27 mill. dekar, tilsvarande 11 pst. av alt utmarksareal i Noreg. Dette er viktige område for rekreasjon og lokal næringsutvikling. Fjelloppsynet har til oppgåve å bidra til berekraftig bruk av statsallmenningane. Dei skal førebyggje miljøkriminalitet og bidra til at offentlegrettslege vedtak blir overhaldne, utføre oppgåver for grunneigaren (Statskog SF) m.m. Som eit ledd i dette arbeidet driv fjelloppsynet informasjon, tilrettelegging, skjøtsel, naturovervaking og kontroll. Oppsynsmenn kan bli gitt politifullmakt etter politilova § 20.
Rapportering 2015
I 2015 blei det vel 9,9 mill. kroner i tilskott til fjellstyra for oppsynsordningar i statsallmenningane. Statskog SF har fordelt midlane på grunnlag av fjellstyra sine budsjett, rekneskap og rapportering og etter ein nøkkel som mellom anna tilgodeser små fjellstyre. 66 av 94 fjellstyrer mottek tilskott. Noko under halvparten av tilskottet er brukt på feltarbeid knytt til oppsyn og skjøtsel, mens dei resterande midlane er brukte til sakshandsaming og anna innearbeid som gir rett til tilskott. For 2015 er det rapportert om i underkant av 7 000 kontrollar. Det er knytt noko usikkerheit til tala, då rapporteringa ikkje har vore heilt lik frå år til år. Det er rapportert om 118 ulovlege forhold. Dette er ein nedgang frå 2013, og svært lågt samanlikna med situasjonen tidleg på 2000-talet.
Budsjettframlegg 2017
Departementet gjer framlegg om ei løyving på 10,156 mill. kroner. Fjelloppsynet utgjer i dag om lag 60 årsverk, og av dette er det 43 årsverk som utløyser rett på tilskott. Løyvinga på posten gir grunnlag for eit synleg oppsyn i statsallmenningane og rom for vidare tilrettelegging for friluftslivet.
Oppsyn i statsallmenning skjer både gjennom fjelloppsynet og det offentlegrettslege oppsynet Statens naturoppsyn driv. Fjelloppsynet si lokale forankring og kunnskap er eit viktig bidrag i det samla oppsynet. Det er naudsynt med eit godt samarbeid mellom fjelloppsynet og Statens naturoppsyn.
Kap. 4162 Statskog SF – forvaltning av statleg eigarskap
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
90 | Avdrag på lån | 34 074 | 10 000 | 25 000 |
Sum kap. 4162 | 34 074 | 10 000 | 25 000 |
Post 90 Avdrag på lån
Budsjettframlegg 2017
Under posten blir det ført inntekter frå avdrag på det statlege lånet Statskog SF fekk i samband med oppkjøpet av Borregaard Skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010–2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF. Etter avtalen mellom Statskog SF og Landbruks- og matdepartementet er minimumsavdraget på 10 mill. kroner. Med utgangspunkt i føretakets nedbetalingsplan er venta avdrag i 2017 sett til 25 mill. kroner.
Kap. 5576 Sektoravgifter under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
70 | Forskingsavgift på landbruksprodukt | 150 000 | ||
71 | Totalisatoravgift | 137 645 | 125 000 | 135 000 |
Sum kap. 5576 | 137 645 | 125 000 | 285 000 |
Post 70 Forskingsavgift på landbruksprodukt
Fondet for forskingsavgift på landbruksprodukt blei oppretta i medhald av lov av 26. juni 1970 om forskingsavgift på visse landbruksprodukt. I tråd med lova er formålet å sikre økonomisk grunnlag for forsking på landbruksprodukt som blir nytta til å framstille nærings- og nytingsmiddel og på fôrkorn til husdyr. Frå og med 2017 er midlane tekne inn i Statsbudsjettet. Inntektsposten har ein motsvarande utgiftspost under kap. 1137, post 54.
Det er usikkerheit knytt til dei endelege inntektene frå forskingsavgifta på landbruksprodukt, og departementet gjer difor framlegg om ein meirinntektsfullmakt mellom kap. 5576, post 70 og kap. 1137, post 54, jf. framlegg til vedtak II.
Post 71 Totalisatoravgift
Under posten blir det ført inntekter frå avgift på totalisatorspel.
I 2015 var den samla omsetnaden på totalisatorspel 3 727 mill. kroner. Dette var 2,1 pst. høgare enn året før. For 2017 er det budsjettert ut frå ein samla omsetnad på om lag 3 650 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om ei løyving under posten på 135 mill. kroner. Det er i framlegget lagt til grunn ein uendra avgiftssats på 3,7 pst. av omsetnaden.
Programkategori 15.40 Forretningsdrift
Inntekter under programkategori 15.40 fordelte på kapittel
(i 1 000 kr) | |||||
---|---|---|---|---|---|
Kap. | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 | Pst. endr. 16/17 |
5651 | Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet | 33 150 | 5 000 | -100,0 | |
5652 | Statskog SF – renter og utbytte | 56 745 | 24 500 | 18 060 | -26,3 |
Sum kategori 15.40 | 89 895 | 29 500 | 18 060 | -38,8 |
Kap. 5651 Aksjar i selskap under Landbruks- og matdepartementet
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
85 | Utbytte | 33 150 | 5 000 | |
Sum kap. 5651 | 33 150 | 5 000 |
Post 85 Utbytte
Landbruks- og matdepartementet forvalta fram til 31.12.2015 staten sin eigardel i Veterinærmedisinsk oppdragssenter AS (VESO). Dette ansvaret er frå 1.1.2016 overført til Nærings- og fiskeridepartementet, jf. omtale i Prop. 122 S (2015–2016) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2016. Det bokførte utbyttet for 2015 på 33,130 mill. kroner kjem i sin heilskap frå VESO, og er nærare omtalt i Prop. 26 S (2015–2016) Endringar i statsbudsjettet for 2015 under Landbruks- og matdepartementet.
Graminor AS
Graminor AS driv planteforedling, sortsrepresentasjon og oppformering for å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale. Selskapet tek imot lisens- og foredlaravgift ved omsetnad av sjukdomsfritt plantemateriale i marknaden, forskingsmidlar frå jordbruksavtalen og tilskott, jf. omtale under kap. 1150, post 77.
Staten eig 34 pst. av aksjane i selskapet. Av dette forvaltar departementet 28,2 pst., mens Norsk institutt for bioøkonomi forvaltar 5 pst. og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet 0,8 pst. Dette skal sikre eigar- og samfunnsinteressene i planteforedling og oppformering av plantemateriale i Noreg.
Graminor AS hadde i 2015 ein omsetnad på 62 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 1,8 mill. kroner. Det blei ikkje utbetalt utbytte for 2015.
Graminor AS har utarbeidd ein strategi for verksemda, og den er lagt til grunn for budsjettet for 2017. I strategien blir verksemda skissert som ei forretningsmessig verksemd basert på planteforedling, representasjon og prebasisproduksjon og planteforedling på vegne av staten. I strategien til verksemda er det lagt til grunn ein langsiktig utbyttepolitikk basert på stabilitet og på at ein stor del av det årlege overskottet skal haldast tilbake til finansiering av planteforedlingsaktivitet. Det blir difor ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2017.
Staten kategoriserer selskapa i den direkte eigarskapen basert på staten sitt mål med eigarskapen. Dette har bidrege til å tydeleggjere staten sitt mål med eigarskapen i det enkelte selskapet. Staten sin eigarpost i Graminor AS har ikkje tidlegare vore plassert i ein av dei fire kategoriane, men blir no plassert i kategori 4 der staten har sektorpolitiske målsetjingar med eigarskapen. Dette er i tråd med målet med staten sitt eigarskap i selskapet, som er å sikre at norsk jord- og hagebruk får tilgang på klimatilpassa, variert og sjukdomsfritt plantemateriale.
Instrumenttjenesten AS
Instrumenttjenesten AS blei etablert i 1991 for å levere datatenester til seks forskingsinstitusjonar som også var eigarar. Kundeforholdet til eigarane blei i 2010 overført til ITAS Eierdrift AS. Instrumenttjenesten AS leverer tenester, system og utstyr til forskingsinstitusjonar, næringsliv og forvaltning for bruk innanfor miljøovervaking, meteorologi, hydrologi og geoteknikk. Statens formål med eigarskapen er å leggje til rette for effektiv forsking og utvikling i sektoren. Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 60 pst. av aksjane, mens verksemder under Kunnskapsdepartementet forvaltar dei resterande 40 prosentane. Instrumenttjenesten AS hadde i 2015 ein omsetnad på 26,4 mill. kroner og eit resultat etter skatt på 1,3 mill. kroner. Det blir ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2017.
ITAS Eierdrift AS
ITAS Eierdrift AS blei etablert i 2009 og driftar sentrale datasystem og system og utstyr for klimamålingar for eigarane. Slike tenester blei før 2010 utført av Instrumenttjenesten AS. Staten eig heile selskapet. Verksemder under Landbruks- og matdepartementet forvaltar 76 pst. av aksjane, mens verksemder under Kunnskapsdepartementet forvaltar dei resterande 24 prosentane. ITAS Eierdrift AS hadde i 2015 ein omsetnad på 7,7 mill. kroner og eit årsresultat etter skatt på 0,05 mill. kroner. Det blir ikkje budsjettert med utbetalt utbytte i 2017.
Kimen Såvarelaboratoriet AS
Kimen Såvarelaboratoriet AS er eit lite selskap med ein omsetnad på om lag 11 mill. kroner og der staten eig 51 pst. av aksjane. Dei to andre eigarane, Felleskjøpet Agri BA og Strand Unikorn AS, eig 34 og 15 pst. Innskottet til staten ved etableringa var 4,08 mill. kroner. Felleskjøpet Agri BA og Strand Unikorn AS har skote inn 2,72 og 1,2 mill. kroner.
Staten kategoriserer selskapa i den direkte eigarskapen basert på staten sitt mål med eigarskapen. Dette har bidrege til å tydeleggjere staten sitt mål med eigarskapen i det enkelte selskapet. Staten sin eigarpost i Kimen Såvarelaboratoriet AS har ikkje tidlegare vore plassert i ein av dei fire kategoriane, men blir no plassert i kategori 4 der staten har sektorpolitiske målsetjingar med eigarskapen. Dette er i tråd med målet med staten sitt eigarskap i selskapet, som er å drive såvareanalysar av frø og såkorn for å sikre at den norske såvarebransjen får utført dei naudsynte produksjons- og forvaltningsanalysar som er fastsett i forskriftene for såvare, floghavre, plantehelse og planteproduksjonsområdet. Selskapet har også som mål å halde oppe eit nasjonalt kompetansesenter og fagmiljø innan såvareanalysar og å drive verksemd innan område som grensar opp til dette.
Staten sitt innskott i selskapet er ikkje gjort av forretningsmessige grunnar, og det er difor ikkje sett nærare avkastningskrav eller utvikla ein utbyttepolitikk for selskapet. Selskapet er på fleire område einaste tilbydar i den norske marknaden og det er ikkje ønskjeleg at høge prisar på tenestene reduserer talet på analysar. Statens formål med eigarskapen i selskapet er, saman med dei to mest sentrale aktørane innan såvaremarknaden, å bidra til at det finnest eit selskap som fyller selskapet sitt formål. Statens formål vil også vere å sjå til at prisar på tenestene er rimelege samanlikna med kostnadene samstundes som at selskapet har ein tilstrekkeleg solid økonomi til å tole variasjonar i etterspørselen etter tenestene.
Venta framtidig reduksjon i oppdragsmengda gjer også at det bør førast ein forsiktig utbyttepolitikk, slik at selskapet har ein eigenkapital som gir moglegheit for omstilling.
Staur gård AS
Staur gård AS har ansvar for å drive eigedommen Staur i Stange. Eigedommen er eigd av staten, og forholdet mellom staten som eigar og selskapet som leigetakar av eigedommen er regulert i eigen leigeavtale frå 2013. Staur gård AS har eit sektorpolitisk ansvar for å leggje til rette for forskings- og forsøksverksemd i jordbruket og å drive eigedommen på ein best mogleg måte. Av dei viktigaste funksjonane på garden er teststasjonen for storfe, seminstasjonen for sau og korn- og planteforsøk i regi av Graminor AS. Selskapet driv også gjestegarden på Staur, som særleg er retta mot lokale og nasjonale samfunnsinstitusjonar. Eigedommen Staur gård AS driv, er spesiell og eigenarta, og hagen, parkanlegget og fleire bygningar er freda av Riksantikvaren. Selskapet har til oppgåve å drive eigedommen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse omsyna.
Selskapet hadde i 2015 ein omsetnad på 10,2 mill. kroner og eit driftsmessig underskott på om lag 558 000 kroner. Selskapet sin eigenkapital er no nede på eit kritisk nivå. 2016 ser også ut til å bli eit krevjande år. Departementet følgjer utviklinga i selskapet tett.
Staten kategoriserer selskapa i den direkte eigarskapen basert på staten sitt mål med eigarskapen. Dette har bidrege til å tydeleggjere staten sitt mål med eigarskapen i det enkelte selskapet. Staten sin eigarpost i Staur gård AS har ikkje tidlegare vore plassert i ein av dei fire kategoriane, men blir no plassert i kategori 4, der staten har sektorpolitiske målsetjingar med eigarskapen.
Kap. 5652 Statskog SF – renter og utbytte
(i 1 000 kr) | ||||
---|---|---|---|---|
Post | Nemning | Rekneskap 2015 | Saldert budsjett 2016 | Forslag 2017 |
80 | Renter | 4 645 | 4 500 | 2 060 |
85 | Utbytte | 52 100 | 20 000 | 16 000 |
Sum kap. 5652 | 56 745 | 24 500 | 18 060 |
Mål og strategiar
Statskog SF forvaltar om lag ein femdel av landarealet i Noreg. Statskog SF er den største skogeigaren i landet med om lag 7 pst. av det samla skogarealet. Resten er fjell- og utmarksareal, for det meste i Troms og Nordland. I Sør-Noreg er ein stor del av arealet (om lag 27 000 km2) statsallmenning, der lokalbefolkninga har ulike bruksrettar slik som tømmer, ved og beite.
Statskog SF er med sin kompetanse og si erfaring innanfor skog- og utmarksområdet, ein sentral aktør i ei berekraftig forvaltning av dei norske skog- og utmarksressursane. Føretaket er også viktig for å løyse oppgåver knytte til skog- og utmarksspørsmål. Statskog SF skal ut frå vedtektene forvalte, drive og utvikle statlege skog- og fjelleigedommar med tilhøyrande ressursar, det som står i samband med dette og anna naturleg tilgrensande verksemd. Innanfor ramma av målsetjinga kan Statskog SF også drive andre eigedommar og yte andre former for tenester. Statskog SF skal leggje vekt på å oppnå eit tilfredsstillande økonomisk resultat, drive aktivt naturvern og ta omsyn til friluftsinteresser. Ressursane skal utnyttast balansert.
Skogbruk er det viktigaste forretningsområdet til Statskog SF. Etter kjøpet av skogeigedommane frå Orkla ASA, jf. Prop. 11 S (2010–2011) Kapitalforhøyelse og statlig lån til Statskog SF, har den samla hogsten til Statskog SF auka frå om lag 150 000 m3 til 400 000 m3 per år. Statskog har som mål å utnytte skogproduksjonen som grunnlag for verdiskaping og høge skogverdiar, og føretaket har ambisjon om å vere den dyktigaste industrielle skogeigaren i landet. Skogbruket i Statskog SF rettar seg mellom anna etter Norsk PEFC Skogstandard for eit berekraftig skogbruk.
Departementet si styring, oppfølging og kontroll av Statskog SF
Departementet si styring og kontroll av Statskog SF følgjer reglane i lov om statsføretak og vedtektene til føretaket. Alle avgjerder frå eigaren som er bindande for føretaket sitt styre, skjer som vedtak i føretaksmøte. Det ordinære føretaksmøtet i Statskog SF er i juni, og utover dette blir det kalla inn til ekstraordinært føretaksmøte ved behov.
Spørsmål om korleis føretaket handsamar myndigheita som er delegert gjennom fjellova og allmenningslova, ligg utanfor sjølve eigarstyringa, og blir handtert gjennom eigne kontaktmøte og tildelingsbrev, jf. kap. 1161.
Departementet har kontakt med og får informasjon frå føretaket i aktuelle saker. For å styrkje eigarstyringa blei det i 2011 innført regelmessige kontaktmøte mellom departementet og Statskog SF knytt til mellom anna Statskog SF si framlegging av kvartalsresultat. Økonomien i verksemda og viktige hendingar blir gjennomgått på kontaktmøta og på ordinært føretaksmøte.
Landbruks- og matdepartementet sine forventingar til Statskog SF er tekne inn i Prop. 1 S (2015–2016).
Vidareføring og utviding av arronderingssalet frå Statskog SF
Arronderingssalet, som er ein del av oppfølginga av Statskog SF sitt skogkjøp i 2010, jf. Prop. 11 S (2010–2011), kom i gang i 2011. Salet omfattar spreidde skogeigedommar på om lag 600 000 dekar som Statskog SF eigde før 2010, og skal etter planen vere gjennomført innan 2017. Fram til hausten 2016 er det seld 187 eigedommar som til saman utgjer 400 000 dekar fordelt på 75 kommunar i 16 fylke. 70 pst. av eigedommane er selde til lokale kjøparar, mens 20 pst. er selde til kommunar og til Miljødirektoratet. Konsesjonshandsaming står alt for nokre av eigedommane.
Regjeringa vil styrkje det private skogbruket ved å selje areal frå Statskog SF tilsvarande det Statskog SF har kjøpt dei siste åra, jf. Sundvolden-erklæringa. Som ei oppfølging av dette, vedtok det ekstraordinære føretaksmøtet i Statskog SF i oktober 2014 å undersøke ulike modellar for organisering og privatisering av Statskog SF si skogverksemd. Utgreiinga omfattar ei vidareføring og eventuelt også ei utviding av arronderingssalet. Utgreiinga skulle også kartleggje korleis allmentas tilgang og vilkår for jakt, fiske og friluftsliv kunne påverkast av privatisering og korleis ein kan sikre at dette ikkje blir dårlegare. Statskog SF sin rapport frå utgreiinga blei lagt fram for ekstraordinært føretaksmøte i mars 2015, og er sidan offentleggjort.
Utgreiinga frå Statskog SF konkluderte med at det kan vere fornuftig å auke arronderingssalet med 150 000 dekar utover det pågåande salet på om lag 600 000 dekar som blei sett i gang av Regjeringa Stoltenberg i 2011. Dette vil betre føretaket sin eigedomsstruktur og samstundes bidra til å styrkje det private skogbruket.
I ekstraordinært føretaksmøte i januar 2016 blei det opna for at Statskog SF kan utvide det pågåande arronderingssalet med inntil 150 000 dekar der dette gir arronderingsgevinst for føretaket. Føretaket har innarbeidd ei slik utviding i sine planar, der det er lagt opp til at salet vil halde fram til 2020.
Rapportering 2015
Resultatet etter skatt var på 27,068 mill. kroner i 2015. Resultatet er 103 mill. kroner lågare enn i 2014, noko som i hovudsak kjem av vesentleg lågare eingongsinntekter frå skogvern, ekstraordinære nedskrivingar av energiprosjekt og noko lågare avverking.
Post 80 Renter
I samband med at Statskog SF kjøpte selskapa Borregaard skoger AS, Borregaard Vafos AS og Børresen AS frå Orkla ASA, fekk føretaket eit statleg lån på 475 mill. kroner, jf. Prop. 11 S (2010–2011). I 2015 blei det betalt 4,6 mill. kroner i renter på lånet. Saldo på lånet var på 125 mill. kroner per 31.12.2015.
Post 85 Utbytte
Utbetalt utbytte til staten frå Statskog SF i 2015 var 52,1 mill. kroner.
Budsjettframlegg 2017
Utbyttepolitikken for Statskog SF blei endra i 2014, jf. Prop. 1 S (2014–2015), med verknad frå resultatåret 2014. Utbyttesatsen er 40 pst. for perioden 2014–2016, for deretter å auke til 75 pst. Utbyttet frå føretaket for 2016 blir sett til 40 pst. av årsresultatet etter skatt. Det blir budsjettert med eit ordinært utbytte for 2016 på 16,0 mill. kroner. Endeleg framlegg til ordinært utbytte vil bli fastsett når årsresultatet for 2016 ligg føre, og vil bli lagt fram i den ordinære budsjettprosessen. Vedtak om utbytte blir gjort på ordinært føretaksmøte første halvår 2017. Rentene på lånet vil vere på om lag 2,56 mill. kroner i 2017. Avdrag på lånet er omtalt under kap. 4162.