Del 3
Omtale av særskilde tema
5 Prosjekt under utbygging
Alle større prosjekt på norsk sokkel må levere ein plan for utbygging og drift (PUD) eller plan for anlegg og drift (PAD) til godkjenning hos styresmaktene før høvesvis utbygging av ein petroleumsførekomst eller bygging av eit anlegg for transport og utnytting av petroleum finn stad.
I dette kapitlet er det gitt ei samla omtale av kostnadsutviklinga for dei prosjekta der PUD/PAD er godkjent av styresmaktene, men der prosjekta framleis er under utbygging eller har komme i produksjon etter 1. august 2015. Som bakgrunn for omtala har departementet innhenta opplysningar frå operatørselskapa for dei ulike prosjekta i juni i år. For prosjekter framleis under utbygging kan investeringsoverslaga følgjeleg endre seg etter dette.
Kostnadsoverslaga i PUD/PAD har eit usikkerheitsspenn på +/- 20 prosent. Det betyr at til trass for at operatørane rapporterer inn avvik, så er det ikkje nødvendigvis avvik frå det estimerte kostnadsintervallet for prosjektet. Auka investeringsnivå sidan framlegging av PUD treng heller ikkje å vere negativt for lønnsemda i eit prosjekt. I den grad det høgare investeringsnivået resulterer i auka inntekter, kan det medverke til høgare verdiskaping frå prosjekta.
Dei fleste prosjekta på norsk sokkel endar opp med utbyggingskostnader innanfor usikkerheitsspennet som er oppgitt i PUD. Oversikten i dette kapittelet viser også det. For 11 av dei 15 omtalte prosjekta er avviket frå PUD/PAD-estimatet innanfor usikkerheitsspennet.
Sjølv om enkelte prosjekt i årets rapportering har større overskridingar viser investeringsanslaga for prosjekta som framleis er under utbygging samla sett ein reduksjon i oppdatert anslag samanlikna med det som vart skissert ved dei ulike PUD/PAD-tidspunkta. Sett under eitt er investeringsanslaget om lag 14,1 mrd. kroner lågare for desse prosjekta samanlikna med fjorårets anslag.
Utviklinga i prisane på varer og tenester som inngår under utbyggingar på norsk sokkel er i stor grad påverka av internasjonale forhold. I likskap med utviklinga internasjonalt har òg kostnadsnivået på norsk sokkel vore prega av ein sterk vekst fram til 2014. Kostnadene på norsk sokkel meir enn dobla seg i perioden frå 2000 til 2014. Dette har no snudd og det slår ut i lågare investeringsanslag. Fleire prosjekt, særskilt dei nyaste, har blitt rimelegare enn venta før oljeprisfallet.
Samtidig har selskapa blitt meir opptekne av effektivisering og kostnadsreduksjonar. Mange effektiviseringstiltak vart sette i gang allereie før oljeprisen begynte å falle. Resultatet av dette arbeidet er òg reflektert i dei oppdaterte investeringsanslaga for fleire av prosjekta. Svekkinga av krona gjennom same tidsperiode verkar på den andre sida i motsett retning. Målt i norske kroner har dei delane av prosjektet der kostnadene har vore i utanlandsk valuta auka. For fleire prosjekt utgjer dette ein betydeleg del av endringane.
Tabell 5.1 og 5.2 viser ei oversikt over differansen mellom operatørane sine investeringsoverslag på PUD/PAD-tidspunktet og overslaga deira pr. juni 2016, og endringa i investeringsoverslaget sida fjorårets rapportering i Prop. 1 S (2015–2016) for Olje- og energidepartementet1,2.
Tabell 5.1 Investeringsanslag, prosjekt under utbygging
(i mill. 2016-kroner) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
PUD/PAD- godkjent | PUD/PAD-estimat | Nye anslag | Endring frå i fjor | Totalendring | Totalendring i pst. | |
Oseberg Vestflanken 2 | 2016 | 7 965 | 7 811 | 0 | -154 | -2 |
Rutil i Gullfaks Rimfaksdalen | 2015 | 4 858 | 3 863 | -511 | -995 | -20 |
Sverdrup byggetrinn I | 2015 | 120 302 | 105 660 | -14 643 | -14 643 | -12 |
Maria | 2015 | 15 683 | 15 463 | -220 | -220 | -1 |
Flyndre | 2014 | 3 603 | 4 348 | 601 | 745 | 21 |
Aasta Hansteen | 2013 | 32 805 | 37 692 | -47 | 4 887 | 15 |
Gina Krog | 2013 | 31 067 | 31 771 | 302 | 704 | 2 |
Ivar Aasen | 2013 | 26 920 | 26 868 | 206 | -52 | 0 |
Polarled | 2013 | 26 266 | 23 121 | 206 | -3 145 | -12 |
Martin Linge | 2012 | 28 170 | 35 535 | -12 | 7 365 | 26 |
Sum | 297 639 | 292 132 | -14 118 | -5 508 | -2 |
Tabell 5.2 Investeringsanslag, prosjekt som er gjennomførte og har starta produksjon etter 1. august 2015
(i mill. 2016-kroner) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
PUD/PAD- godkjent | PUD/PAD-estimat | Nye anslag | Endring frå i fjor1 | Totalendring | Totalendring i pst. | |
Edvard Grieg oljerøyrleidning | 2014 | 2 156 | 1 491 | -243 | -665 | -31 |
Utsirahøgda gassrøyrleidning | 2014 | 1 476 | 1 247 | -230 | -230 | -16 |
Edvard Grieg1 | 2012 | 23 415 | 25 848 | 529 | 2 433 | 10 |
Åsgard undervasskompresjon | 2012 | 17 248 | 20 758 | 135 | 3 510 | 20 |
Goliat | 2009 | 32 592 | 50 762 | 1 185 | 18 170 | 56 |
Sum | 76 887 | 100 106 | 1 376 | 23 218 | 30 |
1 Eksportrøyr for olje og gass frå Edvard Grieg er skilt ut som eigne prosjekt etter framlegging av PUD for Edvard Grieg. Desse investeringane er derfor i sin heilskap trekte frå prosjektet.
Det er samla sett god lønnsemd i prosjekta som er omtalte i dette kapitlet. Summert noverdi for prosjekta er berekna til om lag 390 mrd. kroner. Noverdi for infrastrukturprosjekta Edvard Grieg oljerøyrleidning, Polarled og Utsirahøgda gassrøyrleidning er ikkje berekna. Desse prosjekta har regulert avkastning.
Kostnadsendringar på enkeltprosjekt
Prosjekt under utbygging
For Ivar Aasen og Maria er det ingen eller små endringar i investeringsanslaget samanlikna med overslaga i PUD/PAD, og det same gjeld samanlikna med førre rapportering frå i fjor. Tilsvarande gjeld for Oseberg Vestflanken 2 som nyleg er blitt godkjent.
Rutil i Gullfaks Rimfaksdalen
Rutil i Gullfaks Rimfaksdalen har ein reduksjon i investeringsanslaget på 995 mill. kroner sidan PUD. Sidan same rapportering i fjor er anslaget redusert med 511 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i all hovudsak meir effektiv boring enn venta og betydelege reduksjonar i operasjonar til havs.
Sverdrup byggetrinn I
Sverdrup-utbygginga har redusert investeringsanslaget med nær 15 mrd. kroner sidan PUD vart godkjent i 2015. Reduksjonen skuldast hovudsakleg meir fordelaktige marknadsforhold, blant anna relatert til konstruksjon av feltsenter og boring av brønnar. Delar av reduksjonen kjem òg som resultat av auka effektivitet innan boring og brønn og god kontroll på arbeidsomfanget. Anslaget er vidare redusert med i overkant av 1 mrd. kroner grunna ei endring i trasé for oljerøyr som vart godkjent som endring til PAD. Reduksjonen i investeringsanslag sidan PUD er delvis motverka av svekka kronekurs i forhold til vekslingskursar ein gjekk ut frå ved PUD. Vidare har inkludering av ny teknologi for reservoaroppfølging og utprøving av ny løysing for å auke utvinningsgraden av olje som ikkje var inkludert i PUD-estimatet motverka reduksjonen i investeringsanslaget med i overkant av 3 mrd. kroner.
Flyndre
I Flyndre-prosjektet er det rapportert om ein auke i investeringsanslaget på 745 mill. kroner sidan PUD, der mesteparten (601 mill. kroner) representerer endringar frå i fjor. Flyndre-feltet og det britiske feltet Cawdor blir utvikla saman som eit havbotnsanlegg tilknytta Clyde-plattforma på britisk sokkel. Auken skuldast hovudsakleg auka modifikasjonskostnader på vertsplattforma Clyde, som eit resultat av at omfang og kompleksitet var underestimert. I tillegg skuldast auken valutaendringar på faktiske kostnader i britisk pund mot norsk kroner. Auken kjem òg av ei ny fordeling av kostnader knytt til undervassinstallasjon mellom Flyndre og det britiske feltet Cawdor.
Aasta Hansteen
I Hansteen-prosjektet er det rapportert om ein auke i investeringsanslaget på 4 887 mill. kroner sidan PUD. Om lag halvparten av auken skuldast svekka kronekurs i forhold til vekslingskursar ein gjekk ut frå ved PUD. Investeringane aukar òg på grunn av fleire prosjekteringstimar og auke i kostnader på utstyrspakker og råvare. I tillegg har ikkje framdrifta på verftet i Korea vore tilfredstillande. Rettshavarane informerte sommaren 2015 om at planlagt oppstart av produksjonen vart utsett til andre halvdel av 2018, jf. Prop. 24 S (2015–2016) Endringar i statsbudsjettet 2015 under Olje- og energidepartementet. Sidan desember 2015 har operatøren sett ei tydeleg betring i framdrifta ved verftet, og framdrifta i prosjektet er no god. Sidan siste rapporteringa i fjor er investeringsanslaget tilnærma uendra.
Gina Krog
Dei totale investeringskostnadene for Krog-prosjektet har auka med 704 mill. kroner sidan PUD. Sidan same rapportering i fjor er anslaget auka med 302 mill. kroner. Auken sidan PUD skuldast hovudsakleg svekka kronekurs i forhold til vekslingskursar ein gjekk ut frå ved PUD. Investeringane har òg auka grunna fleire ingeniørtimar på plattformdekket og auke i kostnader for utstyrspakkar. Auken i investeringane er delvis motverka av reduserte kostnader for boring, røyrleidningar og undervassystem, og at kostnader for lagerskip er bokførte som driftsutgifter. Sidan i fjor har operatøren sett ei tydeleg betring i prosjektet og framdrifta er no god.
Polarled
For Polarled er det ein reduksjon i investeringsanslaget på 3 145 mill. kroner sidan PAD. Det er ingen store endringar i investeringsanslaget sidan same rapportering i fjor. Noko av reduksjonen i anslaget sidan PAD skuldast at ein del av prosjektet (Kristin gasseksportprosjekt) har blitt terminert. Vidare er det betydelege sprik i kostnadsutvikling mellom modifikasjonane på Nyhamna og sjølve Polarled-røyrleidningen i prosjektet. Kostnadsanslaget for modifikasjonane på Nyhamna har auka fordi arbeidet har fått større omfang og vekt. Dette skuldast i hovudsak manglande modning av teknisk underlag ved investeringsavgjerd, som igjen har fått følgjer for prosjekteringsanskaffingar og konstruksjonsarbeid. Kostnadsanslaget for røyrleidningen har likevel falle meir, slik at prosjektet totalt sett har hatt ei betydeleg innsparing. Dette skuldast at prosjektet har oppnådd lågare leverandørprisar og positive synergiar med andre røyrprosjekt.
Martin Linge
Investeringsanslaget for Martin Linge-prosjektet har auka med 7 365 mill. kroner sidan PUD. Auken sidan PUD skuldast hovudsakleg auka kostnader relatert til plattformdekket. Rettshavarane bestemte sommaren 2015 å utsetje produksjonsstart med eitt år til januar 2018 som følgje av forseinka detaljprosjektering av plattformoverbygget, jf. Prop. 1 S (2015–2016). Dette medførte konsekvensar for framdrifta i byggjearbeidet på verftet i Sør-Korea. Sidan rapportering i fjor har operatøren informert departementet om at oppstart er ytterlegare forseinka til andre/tredje kvartal 2018. Det blir arbeidd med å stadfeste dei økonomiske konsekvensane av dette. Departementet tek sikte på å kome tilbake med oppdateringar av prosjektet i Olje- og energidepartementets endringsproposisjon om budsjettet for 2016. Utsetjinga i prosjektet har følgjekostnader, særlig knytte til å gjenforhandle kontraktar som får endra oppstart og auka tal prosjektpersonell involvert i ferdigstilling og oppstart. Prosjektkostnaden sidan PUD aukar òg som følgje av svekka kronekurs i forhold til annan valuta, hovudsakleg mot amerikanske dollar og euro.
Prosjekt som har starta produksjon etter 1. august 2015
Edvard Grieg oljerøyrleidning
For Edvard Grieg oljerøyrleidning er investeringsanslaget redusert med 665 mill. kroner sidan PAD (Plan for anlegg og drift ). Sidan same rapportering i fjor er anslaget redusert med 243 mill. kroner. Årsaka er ein reduksjon i estimerte kostnader for marine operasjonar.
Utsirahøgda gassrøyrleidning
For Utsirahøgda gassrøyrleidning er investeringsanslaget redusert med 230 mill. kroner sidan godkjent PAD. Endringa har i all hovudsak funne stad sidan rapporteringa i fjor. Årsaka er ein reduksjon av budsjetta etter ei optimalisering av aktivitetane knytte til klargjeringa av røyrleidningen, sluttoppgjer i kontraktsavslutningar og reduksjonen av prosjektreservar i mars 2016.
Edvard Grieg
Edvard Grieg har auka investeringsanslaget med 2 433 mill. kroner sidan PUD. Om lag 1 mrd. kroner av auken sidan PUD kjem av at kontraktleveransar vart gjennomførte på eit tidspunkt der marknadsprisane auka betydeleg meir enn kva som vart anslått ved PUD-innlevering. 700 mill. kroner skuldast auke ingeniørtimar i planleggingsfasen, mens 600 mill. kroner kjem frå auka konstruksjonskostnader. Resten skuldast forseinka installasjon.
Frå same rapportering i fjor er overslaget auka med om lag 500 mill. kroner. Løftinga av Edvard Grieg-modulane ute på feltet vart utsett i forhold til opphavleg plan på grunn av at løftefartøyet var forseinka. Denne forseinkinga medførte auka kostnader i ferdigstillingsfasen av prosjektet.
Goliat
Investeringsanslaget for Goliat viser ein auke på 18 170 mill. kroner sidan PUD. Sidan forrige rapportering i fjor er anslaget auka med 1,2 mrd. kroner. Kostnadsauken sidan PUD er i hovudsak knytt til marknadsprisar, lengre leveringstid for utstyrspakkar og høgare råvarekostnadar grunna sterkt press i leverandørmarknaden i gjennomføringsperioden. Produksjonseininga har blitt fordyra med årsak i teknologiske utfordringar, meir omfattande ingeniørarbeid, designendringar og større arbeidsmengde enn føresett, noko som har ført til utsett leveringstidspunkt av eininga frå leverandøren. Gjennom ferdigstillinga av plattformeininga på feltet, vart det òg oppdaga kvalitetsavvik som måtte rettast før produksjonen kunne ta til. Dette medførte både utsett produksjonsstart og auka kostnader. I tillegg har svekka kronekurs i forhold til vekslingskursar ein gjekk ut frå ved PUD medverka til kostnadsauken sidan forrige rapportering.
Åsgard undervasskompresjon
For Åsgard undervasskompresjon har investeringsanslaget auka med 3 510 mill. kroner sidan godkjenning av endra PUD. Det er ingen store endringar i investeringsanslaget sidan same rapportering i fjor. Auken i investeringane sidan PUD skuldast i hovudsak auka kompleksitet og forseinka leveranse av kompressoranlegget. Kostnadene har òg auka grunna utvikling og installasjon av system for modulhandtering på fartøy og forlenga installasjonsperiode for kraft og kontrollkablar.
Andre saker
Utbygging av Johan Sverdrup-feltet og oppfølging av Prop. 114 S og Innst 382 S (2014–2015)
Ved departementets godkjenning av planane for utbygging og drift av Johan Sverdrup-feltets første byggjetrinn vart det blant anna sett som vilkår at: «rettighetshaverne på Johan Sverdrup-feltet skal senest i 2022 etablere en områdeløsning for kraft fra land som skal dekke hele kraftbehovet til feltene Johan Sverdrup, Edvard Grieg, Ivar Aasen og Gina Krog».
Departementet vil årleg orientere Stortinget om status og framdrift for arbeidet med seinast i 2022 å etablere ei områdeløysing for kraft frå land til Sverdrup, Grieg, Aasen og Krog. Rettshavarane på Sverdrup held fram med planlegginga av utbygging av andre byggjetrinn. Dei felta som vil bli omfatta av områdeløysinga for kraft frå land har delt kraftprofilar og tekniske data, og begynte i samsvar med plan kommersielle forhandlingar i midten av 2016. Sverdrup-selskapa arbeider vidare mot investeringsavgjerd for andre byggetrinn i 2018. Oppstart for andre byggjetrinn er i 2022.
Kraftbehovet på Grieg-innretninga skal dekkjast med kraft frå land. Operatøren for Grieg-feltet utgreier alternative løysingar for å dekkje varmebehovet på innretninga etter at løysinga med kraft frå land er på plass. Stortinget vil bli orientert på eigna måte om departementets vidare behandling av den langsiktige løysinga for Grieg-innretningas varmebehov.
6 Omtale av klima- og miljørelevante saker
Regjeringas klima- og miljøpolitikk byggjer på at alle samfunnssektorar har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for aktivitetane sine og for å medverke til at dei nasjonale klima- og miljøpolitiske måla kan bli nådde. Vidare har sektorstyresmaktene ansvar for å gjennomføre tiltak innanfor eigne område som trengst for å kunne nå måla i klima- og miljøpolitikken. For ei samla omtale av Regjeringas klima- og miljørelevante saker, sjå Klima- og miljødepartementets fagproposisjon.
Klima- og miljøutfordringar i olje- og gassutvinning er utslepp til luft og til sjø. Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar kan føre med seg inngrep i natur- og kulturmiljø. Omsynet til miljø og berekraftig utvikling er og har alltid vore ein integrert del av den norske petroleums- og energiverksemda. Ei rekkje reguleringar medverkar til at det blir teke omsyn til miljøet i alle fasar av petroleumsverksemda og ved utbygging og produksjon av fornybar energi. Det har gjennom fleire år blitt gjennomført omfattande tiltak.
Olje- og energidepartementet vil i 2017 følgje opp innsatsområde i klimapolitikken og halde fram arbeidet for å følgje opp og forsterke klimaforliket gjennom forsking og teknologiutvikling, uttesting og energiomlegging på olje- og energiområdet.
6.1 Klima- og miljørelevante satsingar i budsjettet
Regjeringa vil at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvennleg energibruk og produksjon av fornybar energi. Eit hovudmål er at våre store og verdifulle fornybare energiressursar blir forvalta på ein god, langsiktig og berekraftig måte. For å styrkje utviklinga av miljøvennleg produksjon og bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår. Enova er, i samspel med verkemiddelapparatet elles, eit sentralt verkemiddel i utviklinga av framtidas energisystem og lågutsleppssamfunnet. Enova tilbyr mellom anna investeringsstøtte og rådgjeving og driv informasjonsverksemd for å stimulere aktørar til å investere i energi- og klimatiltak. Olje- og energidepartementet vil inngå ein ny styringsavtale med Enova for perioden 2017 til 2020. Enovas overordna mål skal vere reduserte klimagassutslepp, styrkt forsyningstryggleik for energi, og teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp.
Regjeringa aukar løyvinga til Enovas verksemd. Enova skal medverke til reduserte klimagassutslepp og styrk forsyningstryggleik for energi, og teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp.
Regjeringa satsar breitt på å utvikle kostnadseffektiv teknologi for fangst og lagring av CO2, jf. Regjeringas strategi for CO2-handtering som vart lagt fram i Prop. 1 S (2014–2015) for Olje- og energidepartementet. Olje- og energidepartementet vil setje i gang konseptstudiar av moglege fullskala demonstrasjonsanlegg for CO2-handtering i Noreg. Staten, Statoil og Shell har blitt samde om rammer for forhandlingar om å føre vidare Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad (TCM), i første omgang i tre år til.
Regjeringa aukar løyvingane til forsking og teknologiutvikling innanfor energisektoren, mellom anna for å stimulere til auka investeringar i forsking og innovasjon i næringslivet og medverke til utvikling av miljøvennleg energiteknologi.
6.2 Klima- og miljøutfordringar
Klima- og miljøutfordringar i olje- og gassutvinning er utslepp til luft og til sjø. Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar kan føre med seg inngrep i natur- og kulturmiljø.
Utslepp til luft
Stasjonær forbrenning, inklusive olje- og gassutvinning, står for ein monaleg del av dei norske utsleppa til luft av karbondioksid (CO2), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar utan metan (nmVOC), partiklar (PM) og polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH) 3.
Noreg skil seg frå andre land ved at ein stor del av det innanlandske stasjonære energiforbruket er dekt av elektrisitet, og heile det innanlandske elektrisitetsforbruket er basert på vasskraft. Elektrisitet frå vasskraft medverkar til låge luftutslepp frå den innanlandske stasjonære energibruken. Dette inneber òg at Noreg har eit snevrare grunnlag for å redusere utsleppa frå elektrisitetsproduksjon enn andre land. Utslepp frå innanlandsk energiforsyning og energi brukt til oppvarming av bygningar i 2015 var 3 mill. tonn CO2-ekvivalentar. Samla utgjer utslepp frå energisektoren innanlands og energi brukt til oppvarming av bygningar 5,6 prosent av dei totale utsleppa i Noreg.
Produksjon og bruk av elektrisk kraft kan variere mykje frå år til år som følgje av variasjonar i tilsig og temperatur. I år med lågt tilsig og relativt høge prisar på elektrisk kraft vil normalt bruken av alternative energiberarar, som fyringsolje, gass og biomasse, auke. Dette er ei viktig årsak til at utsleppa frå innanlands stasjonær energibruk varierer frå år til år. I 2015 gikk utslepp frå energiforsyning ned 0,9 prosent, mens oppvarmingsutsleppa auka med 2,2 prosent.
På grunn av den særeigne samansetjinga av norsk økonomi og at kraftproduksjonen på fastlandet er nær berre vasskraft, står verksemda på kontinentalsokkelen for ein vesentleg del av dei norske utsleppa av klimagassar. I 2015 sleppte petroleumsverksemda ut klimagassar tilsvarande 14,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar, inkludert utslepp frå brenning og prosessar på offshore- og landanlegg4. Utsleppa frå verksemda er venta å vere relativt stabile dei neste åra.
Utslepp av CO2 er den største kjelda til klimagassutslepp frå petroleumsverksemda. I 2015 var utsleppa av CO2 om lag 13,5 mill. tonn. Av andre klimagassar blei det sleppt ut om lag 28 900 tonn metan (CH4), 8 prosent mindre enn i 2014.
Petroleumsverksemda sleppte i 2015 ut 49 500 tonn NOx (nitrogenoksid), ein reduksjon på om lag 5 600 tonn, det vil si over 11 prosent, frå 2014. Hovudårsaka er redusert boreaktivitet og bruk av flyttbare innretningar. Utsleppa av NOx frå petroleumsverksemda tilsvara om lag 33,5 prosent av dei totale NOx-utsleppa i Noreg. Gassbrenning i turbinar, fakling av gass og dieselbruk på innretningane på kontinentalsokkelen er sentrale utsleppskjelder for NOx.
Olje- og gassutvinning står for 31,3 prosent av dei samla norske nmVOC-utsleppa (flyktige organiske sambindingar utan metan), med utslepp i 2015 på 46 500 tonn. Sidan starten av 2000-talet er utsleppa av nmVOC frå petroleumsverksemda sterkt reduserte. Utsleppsreduksjonane er oppnådde som følgje av installering av anlegg for fjerning og gjenvinning av oljedamp på lagerskip og skytteltankarar.
Utsleppa av CO frå olje- og gassutvinning tilsvara i 2015 om lag 11 100 tonn, ein nedgang på 100 tonn frå 2014. Det blei i 2015 sleppt ut om lag 700 tonn SO2, ein nedgang på 100 tonn frå 2014.
Utslepp til sjø
Dei siste åra har petroleumsverksemda gjennomført omfattande tiltak for å redusere utsleppa til sjø. Petroleumsindustrien har investert milliardar og har gjennomført tiltak som har redusert utsleppa betydeleg. Utslepp av tilsette miljøfarlege kjemikaliar frå norsk sokkel er reduserte med over 99 prosent dei siste ti åra. Nullutsleppsmålet blir rekna som oppnådd for tilsette kjemikaliar.
Utsleppa til sjø frå petroleumsverksemda stammar i hovudsak frå den regulære drifta. Produsert vatn følgjer med oljen opp frå reservoaret og inneheld naturleg førekommande stoff frå reservoaret og restar av tilsette stoff. Det produserte vatnet blir reinsa før utslepp til sjø eller injisert igjen i undergrunnen. Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp av produsert vatn på norsk sokkel. Borekaks som inneheld olje og borevæske stod tidlegare for ein vesentleg del av oljeutsleppa frå aktiviteten. Den blir no injisert i eigna reservoar, eller teken til land for vidare behandling. Ein sideeffekt av å injisere produsert vatn og oljehaldig borekaks/-væske er auka energibruk og dermed utslepp til luft. Ilandføring av borekaks/-væske aukar transportbehovet og omfanget av avfallsbehandlinga på land.
Det er venta at voluma av produsert vatn vil auke fram mot 2020. Dette fordi dei store felta på norsk sokkel produserer meir vatn når dei blir eldre.
Akutte utslepp til sjø
Petroleumsverksemda har, i dei 50 åra med verksemd på norsk sokkel, ikkje ført til store akutte utslepp av olje som har nådd land, og talet på utslepp på over 1 kubikkmeter (m3) er avgrensa.
Det er ikkje påvist skadelege effektar på miljøet som følgje av utslepp til sjø frå petroleumsverksemda på norsk sokkel.
Inngrep ved utbygging av fornybar energi og nett
Vassdragsutbyggingar og andre energirelaterte utbyggingar kan føre med seg inngrep i natur- og kulturmiljø. Om lag ein tredel av vassdraga i Noreg er påverka av kraftproduksjon. Dei siste åra har ein større del av auken i produksjonen av fornybar energi kome frå små vasskraftverk (opp til 10 MW).
Ved utnytting av fornybare energikjelder, og ved bygging av kraftleidningar, står ein overfor viktige avvegingar. Vegar, kraftleidningar og andre installasjonar i tilknyting til vind- og vasskraftverk vil påverke økosystem, naturverdiar og naturopplevingar. Ved utbygging av ny produksjon og nye kraftoverføringar er det viktig å finne dei beste løysingane ut frå ei heilskapleg avveging av miljø- og samfunnsomsyn.
Klimatilpassing
Eit endra klima med meir nedbør og meir ekstremvêr krev tilpassingar. Klimatilpassing er viktig innan energi- og vassdragsforvaltninga. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) inkluderer klimatilpassing innan arbeidet med flaum og skred, damsikkerheit, vassdragskonsesjonar, energikonsesjonar, miljøtilsyn, kraftforsyning og energietterspørsel. NVE skal bidra til å redusere dei negative og utnytte dei positive verknadane av klimaendringane innafor direktoratet sine ansvarsområde.
NVEs oppgåver knytta til skred- og flaumskadeførebygging kan delast inn i fem område: kartlegging, arealplanlegging, sikring, varsling og skred- og flaumfagleg bistand i beredskaps- og krisesituasjonar. For å førebyggje skade på liv, helse og verdiar vert det teke høgde for eit framtidig klima ved utarbeiding av faresonekart. Karta og fagleg rådgjeving om klimaendringar er eit viktig grunnlag for kommunane sitt arealplanarbeid, og medverkar til at ny utbygging skjer i trygge område. I arealplanarbeid etter plan- og bygningslova er NVE høyringspart og kan kome med motsegn på planar der NVE har eit forvaltningsansvar. Sikring av eksisterande busetjing og kritisk infrastruktur er òg sentralt i NVEs arbeid med klimatilpassing. NVE arrangerer fagsamlingar rundt i landet for kommunar, konsulentar og andre der kunnskap om flaum- og skredfare og klimatilpassing vert formidla. Innan arbeidet med flaum og skred er det utvikla eit godt samarbeid med andre statlege etatar som Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, Statens Vegvesen, Jernbaneverket, Meteorologisk institutt og andre.
Gjennom datainnsamling og analysar av lange tidsseriar, overvakar og vurderer NVE effekten av klimaendringar på hydrologi. NVE har FoU-aktivitetar innan modellering av kva effekt klimaendringar har og vil få på hydrologien i Noreg. Dette inkluderer effekten på flaum, tørke, snømengder og utbreiing av isbrear. Dette gir grunnlaget for klimatilpassing i fleire sektorar. Det er ein del av NVEs ansvar som nasjonal faginstitusjon innan hydrologi, og er del av NVE si rolle i Klimaservicesenteret.
6.3 Verkemiddel som har ein klima- og miljøeffekt
Regjeringa fører ein ambisiøs nasjonal klimapolitikk med ei langsiktig omstilling av Noreg til eit samfunn med låge utslepp innan 2050. Regjeringa sin miljøpolitikk på petroleums- og energiområdet er ambisiøs med omfattande bruk av verkemiddel. Ein ambisiøs politikk nasjonalt må medverke til å redusere utsleppa globalt. Noreg har stor vasskraftproduksjon og er blant verdas største eksportørar av olje og gass. Regjeringa vil foreine Noregs rolle som stor petroleumsprodusent med ambisjonen om å vere ein leiande miljø- og klimanasjon. Noreg skal vere ein føregangsnasjon på miljø- og klimavennleg energibruk og produksjon.
Det er mogleg å auke miljø- og klimavennleg energiproduksjon, og energien kan brukast meir effektivt. For å styrkje utviklinga av fornybar kraftproduksjon og effektiv bruk av energi er det grunnleggjande å ha langsiktige og stabile rammevilkår.
Regjeringa vil fremje effektiv, klima- og miljøvennleg og sikker energiproduksjon, og samtidig sikre ei berekraftig forvalting av kyst- og vassdragsnaturen. Det er eit viktig mål å syte for at den auka utbygginga av fornybar kraft skjer utan at store verdiar knytt til mellom anna naturmangfald eller landskap går tapt.
Forsking og utvikling knytt til fornybare energikjelder, miljø- og klimavenlege energiteknologiar og energieffektivisering er viktig for å nå måla. Forsking og teknologiutvikling medverkar òg til å gjere petroleumsverksemda meir miljøvenleg. Ny kunnskap og kompetanse i petroleums- og energisektoren vert brukt til å utvikle teknologi og løysingar som reduserer naturinngrep og utslepp av klimagassar.
Kostnadseffektiv verkemiddelbruk er eit berande prinsipp for forvaltinga av petroleumsressursane i Noreg. Derfor har petroleumssektoren i Noreg betalt CO2-avgift sidan 1991 og i tillegg vore ein del av det europeiske kvotesystemet for CO2 sidan 2008. Sidan 1996 har kraft frå land vore vurdert i samband med alle nye eller reviderte utbyggingsplanar.
6.3.1 CO2-handtering
Regjeringa prioriterer høgt arbeidet med å utvikle teknologiar og løysingar som kan medverke til å redusere klimagassutsleppa. Arbeidet med å utvikle kostnadseffektive løysingar for fangst og lagring av CO2 er ein viktig del av denne satsinga.
Regjeringa sine tiltak omfattar eit breitt spekter av aktivitetar. Regjeringa sin strategi for CO2-handtering, vart presentert i statsbudsjettet for 2015. Strategien omfatter forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeidet med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO2 samt internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering.
Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad (TCM) står sentralt i denne satsinga. Målet med teknologisenteret er å skape ein arena for målretta utvikling, testing og kvalifisering av teknologi for CO2-fangst. I tillegg er det eit mål å medverke til å spreie kunnskap og erfaringar internasjonalt slik at kostnader og risiko for fullskala CO2-fangst kan reduserast, og å auke aksepten for CO2-handtering som eit viktig klimatiltak. TCM vart offisielt opna i mai 2012 og det har vorte gjennomført kontinuerlege testaktivitetar ved anlegget sidan. Avtala mellom staten, Statoil, Shell og Sasol som regulerer eigarskap og drift av anlegget går ut i august 2017. Staten, Statoil og Shell har blitt samde om rammer for forhandlingar om vidareføring av anlegget, i første omgang i tre år til. Målet er å bli einige om ei avtale innan utgangen av 2016. Det vert arbeidd med å rekruttere fleire eigarar til selskapet.
CLIMIT-programmet for forsking, utvikling og demonstrasjon av teknologi for CO2-handtering og ordninga med forskingssenter for miljøvennleg energi speler òg viktige roller i staten sitt arbeid med CO2-handtering.
Tre industriaktørar har gjennomført studiar av CO2-fangst; Norcem AS har vurdert moglegheitene for fangst av CO2 frå røykgassen ved sin sementfabrikk i Brevik, Yara Noreg AS har vurdert fangst frå tre ulike kjelder ved ammoniakkfabrikken på Herøya i Porsgrunn og Energigjenvinningsetaten i Oslo kommune har vurdert fangst frå energigjenvinningsanlegget på Klemetsrud (Klemetsrudanlegget AS). Gassco har studert ulike transportløysingar mens Statoil har gjennomført moglegheitsstudiar av CO2-lagring på ulike lokasjonar på norsk kontinentalsokkel med tilhøyrande utbyggingsalternativ. Studiane syner at fleire alternativ for fangst, transport og lagring er moglege. Planleggings- og investeringskostnadene for ei slik kjede er estimert til mellom 7,2 og 12,6 mrd. kroner (eksklusiv meirverdiavgift). Dette vil avhenge av kor mykje CO2 som skal fangast, kor den skal fangast frå og kor mange transportskip som trengs. Kostnadsestimata er innanfor eit usikkerheitsnivå på +/- 40 prosent eller lågare.
Olje- og energidepartementet vil setje i gang konseptstudiar av moglege fullskala demonstrasjonsanalegg for CO2-handtering i Noreg. Konseptstudiane vil vare til hausten 2017. Arbeidet inneber å studere løysingar for fangst-, transport- og lagring av CO2 med mål om at eit grunnlag for investeringsavgjerd kan vere utarbeidd hausten 2018.
Olje- og energidepartementet har sidan 2008 leia arbeidet med oppfølginga av handlingsplanen for å fremje utvikling og bruk av CO2-handtering internasjonalt. Målsetjinga for arbeidet er å få aksept for fangst og lagring av CO2 som eit viktig klimatiltak, å etablere ei brei forståing for reduksjonspotensialet som følgjer av teknologien og å medverke til at teknologien blir teken i bruk utanfor Noreg.
Det er oppretta ei rekkje regionale og internasjonale samarbeid der Noreg ved Olje- og energidepartementet deltek. Mellom anna deltek departementet i North Sea Basin Task Force og Carbon Sequestration Leadership Forum. Vidare samarbeider Noreg tett med EU og deltek i ei rekkje av EUs organ og fora, retta mot mellom anna utvikling av rammer og regelverk for sikker fangst og lagring av CO2 i tillegg til generelt å fremje CO2-handtering som eit klimatiltak.
6.3.2 Energi og vannressursar
Energiomlegging, energi- og klimateknologisatsing
Enova og Energifondet har sidan etableringa i 2001 vore ein viktig del av arbeidet for ei langsiktig og miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon. Olje- og energidepartementet vil inngå ei ny styringsavtale med Enova for perioden 2017 til 2020. Enovas overordna mål skal vere reduserte klimagassutslepp, styrkt forsyningstryggleik for energi og teknologiutvikling som på lengre sikt òg medverkar til reduserte klimagassutslepp.
Enova tilbyr mellom anna investeringsstøtte og rådgiving og driv informasjonsverksemd for å stimulere aktørar til å investere i energi- og klimatiltak. Enova sitt mandat blei i 2015 utvida til å omfatte transportsektoren. Gjennom denne utvidinga omfattar Enova si verksemd aktivitetar som står for over tre fjerdedelar av energibehovet og utslepp av klimagassar i Noreg.
Det er fleire tiltak som, saman med satsinga gjennom Enova, er med på å byggje opp under ei miljøvennleg omlegging av energibruk og energiproduksjon og utvikling av energi- og klimateknologi. Kvotesystemet og CO2-avgiftene er viktige. Fleire andre miljøavgifter og særavgifter knytte til energi medverkar òg til å påverke energibruken. Det er innført energistandardar og energimerkeordningar for ei rekkje produkt. Det er òg innført strenge forskrifter med krav til energibehovet i nye bygg og ved større rehabiliteringar, og det er innført krav om energimerking ved sal, utleige og nyoppføring av bygningar. Enova si verksemd grensar opp mot og kompletterer dei andre delane av verkemiddelapparatet. Enova samarbeider med blant anna NVE, Statnett SF, Miljødirektoratet, Statens Vegvesen, Kystverket, Husbanken, Direktoratet for byggkvalitet, Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd for å sikre ei god koordinering av verkemiddelapparatet.
Bruken av fyringsolje har minka dei siste åra og resultert i reduserte utslepp. Dei viktigaste elementa i politikken for å avgrense bruken av olje i stasjonær energiforsyning generelt, og for å redusere utslepp av CO2 spesielt, er avgifter og kvotar på bruk av fossile brensel. Grunnavgifta på mineralolje blei auka med over 50 prosent frå og med 1. januar 2015. I tillegg er støtteordningar i regi av Enova viktige. Enova støttar utbygging av fjernvarme og lokale energisentralar, som både erstattar eksisterande oppvarmingsbehov og dekkjer nytt behov som oppstår ved nybygg. I nokre tilfelle kan varmen erstatte oppvarming frå olje, i andre tilfelle frå elektrisitet og andre energiberarar.
Enova har estimert at dei samla direkte utsleppsreduksjonane knytte til alle prosjekta kontraktfesta i 2015 var 120 000 tonn CO2-ekvivalentar, der 40 000 tonn CO2-ekvivalentar av reduksjonen kom frå bedrifter i kvotepliktig sektor.
Straumkundar skal få installert nye avanserte måle- og styringssystem (AMS) i åra framover. Nettselskapa skal ha avslutta utrullinga av AMS innan 1. januar 2019. Dei nye straummålarane registrerer straumforbruket kvar time og sender automatisk informasjon om forbruket til nettselskapet. Dette gir ei meir nøyaktig avrekning av forbruket og er dessutan venta å gjere kundane meir merksame på sitt eige straumforbruk. AMS kan òg gi straumkundane betre høve til å styre eige bruk og tilpasse straumbruket til variasjonar i straumprisen. AMS vil gjere det mogleg for nettselskap, kraftleverandørar og andre å tilby ulike tilleggstenester som utnyttar AMS-målarane. Det kan vere snakk om avtaler som inneber automatisk avgrensing av effektuttak, til dømes avtale om å kople ut tank for varmtvatn eller varmekablar i topplasttimar. AMS vil gi nettselskapa betre datagrunnlag slik at dei kan optimalisere drifta og investeringane i nettet.
Målet i EU er etter fornybardirektivet 20 prosent fornybar energi i 2020. Noreg har teke på seg ei plikt til å auke til 67,5 prosent fornybar energi i 2020. Noreg har saman med Island den høgaste fornybargraden i Europa. Noreg hadde 69 prosent fornybar energi i 2014. Direktivet pålegg alle land å leggje fram ein nasjonal handlingsplan som viser korleis dei skal nå dei nasjonale mål sine.
Eit viktig verkemiddel for å nå det norske målet på 67,5 prosent under fornybardirektivet er den sams norsksvenske marknaden for elsertifikat. Ordninga med elsertifikat starta opp 1. januar 2012. Det samla målet for ny fornybar elektrisitet i den sams elsertifikatmarknaden er 28,4 TWh i år 2020. Noreg er ansvarleg for å finansiere 13,2 TWh og Sverige 15,2 TWh, uavhengig av kor produksjonen kjem. Av produksjonen som inngår i målet på 28,4 TWh er det per 1. juli 2016 godkjent anlegg med ein normalårsproduksjon tilsvarande 16,4 TWh. Av dette er anlegg med ein normalårsproduksjon på 2,9 TWh bygde i Noreg og anlegg med ein normalårsproduksjon på 13,5 TWh bygde i Sverige. I Noreg er det i tillegg godkjent anlegg under overgangsordninga med ein normalårsproduksjon på 3 TWh.
Nye utanlandssamband for elektrisitet skal etablerast i den grad dei er samfunnsøkonomisk lønsame. På lik linje med andre kraftoverføringsanlegg krev utanlandssamband viktige avvegingar med omsyn til miljøet. Sambanda har òg ein verknad på kraftsystema i landa vi knyter oss til. Regjeringa har lagt fram eit forslag om å endre energilova slik at andre aktørar enn Statnett kan eige og drive utanlandssamband for elektrisitet frå Noreg.
Miljøomsyn ved vassdrags- og energiverksemd
Miljøomsyn i samband med vassdrags- og energiverksemda er tekne vare på gjennom sektorlovgivinga, plan- og bygningslova, forureiningslova, naturmangfaldlova og vassforskrifta.
Kapasiteten i konsesjonsbehandlinga i NVE er styrkt monaleg dei siste åra. Det er viktig å sjå prosjekta i samanheng for å finne dei totalt sett beste løysingane. Det blir derfor søkt å få til ei mest mogleg samordna behandling av prosjekt i same område, og mellom nett og produksjon.
NVE sitt miljøtilsyn kontrollerer at miljøkrav som er fastsette i konsesjonar blir etterlevde, både i anleggs- og driftsfasen. Ei viktig oppgåve er godkjenning og oppfølging av detaljplanar for vassdrags- og energianlegg.
Verneplan for vassdrag er viktig for å sikre eit representativt utval av vassdragsnaturen i landet. Vernet gjeld først og fremst mot kraftutbygging, men verneverdiane skal òg takast omsyn til ved andre inngrep.
Kunnskap og systematisk oversyn over viktige område for truga arter og naturtypar er ein føresetnad for å stanse tapet av norsk naturmangfald. OED og NVE medverkar derfor i arbeidet med Artsdatabanken. Føremålet med Artsdatabanken er å tette hol i kunnskapen og medverke til at data over naturmangfald blir samla i nasjonale databasar.
Gjennomføringa av EU sitt vassdirektiv med tilhøyrande forvaltingsplanar er viktig for å fremje ei heilskapleg forvaltning av vassressursane, og OED medverkar saman med NVE aktivt til dette. NVE har delteke med kunnskap om vassdraga, relevante miljøtiltak, hydrologisk overvaking og oversikt over konsesjonsvilkår. Vidare har NVE ei rolle i oppfølging av godkjente forvaltningsplanar og utvikling av nasjonalt verktøy og rettleiing. OED og KLD har gitt nasjonale føringar for korleis miljømåla skal setjast i regulerte vassdrag. Ved eventuelle framtidige miljøpålegg må den samfunnsmessige verdien av miljøomsyn vere større enn det samfunnsmessige tapet knytt til redusert energiproduksjon.
6.3.3 Petroleumsverksemda
Omsyn til miljø er ein integrert del av forvaltinga av dei norske petroleumsressursane. Miljøreguleringar skjer på alle stadium av verksemda; frå vurdering av om eit område skal opnast for petroleumsverksemd, ved leiting, ved vurdering av korleis eit felt skal byggjast ut, ved spesifikke løyve knytte til drifta av feltet, ved årlege endringar av desse og fram til avslutting av produksjon og disponering av innretningane. Dette sikrar eit omfattande system der alle relevante styresmakter er med.
Utsleppa frå petroleumsverksemda i Noreg blir regulert gjennom fleire lover, mellom anna petroleumslova, CO2-avgiftslova, særavgiftslova, klimakvotelova og forureiningslova. Oppdateringar av forvaltingsplanar og nye konsekvensutgreiingar med oppdatert kunnskap, gjer at ei avgjerd kan treffast på eit best mogleg faktagrunnlag. Høyringsrundar gir alle aktørar høve til å bli høyrde. I tillegg har styresmaktene høve til å treffe enkeltvedtak, til dømes ved godkjenning av utbyggingsplanar.
Utsleppa frå petroleumssektoren til luft er stort sett avgassar frå brenning av gass i turbinar, fakling av gass og brenning av diesel. Desse avgassane inneheld mellom anna CO2 og NOx. Andre stoff som blir sleppte ut er nmVOC, metan (CH4), karbonmonoksid (CO) og svoveldioksid (SO2).
I samsvar med dei overordna prinsippa for klimapolitikken i Noreg, er petroleumssektoren omfatta av sterke økonomiske verkemiddel, som CO2-avgift og EU sitt klimakvotesystem (EU ETS). Samla gjer desse at næringa betaler ein høg pris på utslepp som legg til rette for kostnadseffektive utsleppsreduksjonar. Vidare må selskapa betale avgift for sine utslepp av NOx eller slutte seg til miljøavtala mellom den norske stat og næringsorganisasjonane.
Verkemidla overfor petroleumsverksemda har resultert i at det er gjennomført omfattande tiltak som direkte eller indirekte har gitt lågare utslepp av klimagassar. Avbrenning av overskotsgass har aldri vore tillate på norsk sokkel, og brenning av gass i fakkel er berre tillate når det er nødvendig av tryggleiksgrunnar. Tillating til slik brenning blir gitt etter løyve frå Olje- og energidepartementet.
Utnytting av stordriftsfordelar som legg til rette for energieffektiv drift, har alltid vore eit viktig omsyn for aktiviteten på sokkelen. Nye utbyggingar baserer seg på best tilgjengeleg teknologi.
Kombinasjonen av både CO2-avgift og kvoteplikt betyr at sektoren står overfor ein høg pris på utslepp, noko som gir næringa ei sterk eigeninteresse i å redusere CO2-utsleppa sine. I 2016 er avgiftsatsen sett til 1,02 kroner per standardkubikkmeter gass eller liter olje eller kondensat. For naturgass som blir forbrunne vil dette tilsvare 436 kroner per tonn CO2. Prisen på klimagassutslepp på sokkelen er, med dagens kvotepris og avgiftssats, om lag 500 kroner per tonn CO2. Prisinga av utslepp har gitt store resultat i form av unngåtte utslepp frå norsk sokkel, anslått til 5 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg, samanlikna med kva dei ville ha vore utan avgift og kvotar.
Ved behandlinga av Innst. S. nr. 114 (1995–1996) vedtok Stortinget at det ved alle nye feltutbyggingar skal leggjast fram ei oversikt over energibehov og kostnadene ved å nytte kraft frå land framfor gassturbinar. Kraft frå land skal vurderast av operatøren og følgjast opp av myndigheitene i samanheng med behandling av kvar enkelt ny plan for utbygging og drift. Ein føresetnad for ei løysing med kraft frå land er at det er sikra utbygging av tilstrekkeleg ny kraft eller at det blir ført fram tilstrekkeleg nytt nett slik at det ikkje oppstår regionale ubalansar på utbyggingstidspunktet. Samtidig må ein ta vare på naturmangfaldet og omsynet til tiltakskostnadene.
Det er for fleire felt vedteke å dekkje energibehovet med kraft frå land. Felta Ormen lange, Snøhvit, Troll, Gjøa, Valhall og Goliat får alle kraft frå land i dag. I tillegg vil Martin Linge få kraft frå land når dette feltet kjem i produksjon. Johan Sverdrup-feltet vil bli forsynt med kraft frå land frå produksjonsstart. Ei områdeløysing for kraft frå land til felta Sverdrup, Edvard Grieg, Ivar Aasen og Gina Krog på Utsirahøgda vil bli etablert innan 2022.
Dei teknologiske og økonomiske konsekvensane av ei kraft frå land-løysing varierer sterkt frå utbygging til utbygging. Kraft frå land krev store investeringar og vil som oftast berre vere realistisk ved enkelte større, sjølvstendige utbyggingar eller større ombyggingar av store felt. Kraft frå land til eksisterande innretningar generelt er svært kostbart. Gitt variasjonen i konsekvensar, er det avgjerande å ta stilling til spørsmålet om bruk av kraft frå land ved behandlinga av den enkelte utbygging.
6.3.4 Forsking og utvikling
Regjeringa si satsing på forsking og utvikling i energi- og petroleumssektoren er sentral i ambisjonen om at Noreg skal vere ein føregangsnasjon innan miljøvenleg energibruk og -produksjon. Satsinga medverkar til å utvikle og ta i bruk nye teknologiar og løysingar og til effektiv og berekraftig utnytting av dei norske energi- og petroleumsressursane. Samtidig skal støtte til FoU auke moglegheitene for norsk næringsliv og kompetanse til å konkurrere i ein internasjonal marknad innan miljø- og klimavenlege energiløysingar.
OED er den største bidragsytaren når det gjeld finansiering av miljø- og klimarelevant forsking og utvikling gjennom Noregs forskingsråd. Ei nærare omtale av satsinga på forsking og teknologiutvikling finst under kapittel 1830 Forskning og næringsutvikling.
Energiforsking
Offentleg støtte til energiforsking skal medverke til ei effektiv utnytting av nasjonale energiressursar og til ei effektiv, robust og miljøvenleg kraft- og energiforsyning i Noreg. Satsinga skal vere med på å utvikle miljøvennlege produkt, tenester og prosessar, mellom anna nye teknologiar for fornybar energi, energieffektivisering og CO2-handtering. Den offentlege satsinga på energiforsking skal òg medverke til å byggje opp kunnskap av samfunnsfagleg karakter, eksempelvis om effektar av klimaendringar på energiområdet (auka nedbør, flaum, redusert oppvarmingsbehov, etc.).
Energi21 er styresmaktene og næringa sin strategi for FoU i energisektoren. Miljøvennleg energiproduksjon og energieffektivisering står sentralt i mandatet for strategien. Energi21 løftar fram vasskraft og fleksible energisystem som to særleg viktige satsingsområde. Vidare vert solkraft, havvind, energieffektivisering og CO2-handtering tilrådde som prioriterte innsatsområde.
Dei nye forskingssentra for miljøvennleg energi blei gjort kjent i mai 2016. Åtte nye senter er etablert innanfor CO2-fangst og -lagring, miljøvennleg transport, vasskraft, biodrivstoff, energieffektivisering i industrien, smarte energisystem, nullutslepp i byområde og solceller. FME-ordninga, som ligg under Norges forskingsråd, er ei av dei viktigaste berebjelkane for Noreg si satsing på forsking, utvikling og innovasjon for framtidas berekraftige energisystem.
ENERGIX er Forskingsrådet sitt store, målretta program på energiområdet. Programmet skal medverke til utviklinga av eit heilskapleg energisystem som tek omsyn til berekraft og naturmiljøet. ENERGIX er det viktigaste programmet i Noregs forskingsråd for forsking for reduserte utslepp. Dette gjeld òg for forsking for lågare utslepp i og for næringslivet. I 2015 gjekk om lag 282 mill. kroner til dette føremålet.
Regjeringa aukar i 2017 løyvinga til ENERGIX. Auken skal styrke verkemiddel som kan løfte miljøvennlege energiteknologiar frå forskingsfasen og vidare til uttesting. Formålet er å sikre at fleire bedrifter gjennomfører heile teknologiutviklingsløpet frå forskingsidé til kommersialisering. Styrkinga skal medverke til at norsk næringsliv hevdar seg i den internasjonale marknaden for miljøteknologi, og satsinga er difor sentral i Regjeringa sitt arbeid med omstilling og grøn vekst.
Noreg har teke ei internasjonal leiarrolle i utviklinga av teknologi for CO2-handtering. CLIMIT er det offentlege støtteprogrammet for FoU og demonstrasjon av teknologiar for fangst og lagring av CO2 frå fossilt basert kraftproduksjon og industri. Programmet er administrert av Gassnova saman med Noregs forskingsråd. På kort sikt er CLIMIT retta mot å få ned kostnader knytte til CO2-handtering og etablere metodar for sikker geologisk lagring av CO2. På sikt vil det vere viktig å utvikle betre teknologiar med potensial for høgare verknadsgrad og lønsemd.
Boks 6.1 Prosjekteksempel miljøvennleg energiforsking
Vind- og solkraft er på frammarsj fleire stader i verda. Dette har gjort det naudsynt å finne svar på kvar energien skal kome frå når det ikkje bles og sola ikkje skin. Mange forskarar og bedrifter jobbar med ulike typar lagringsteknologi – dei fleste komplekse eller kostbare. Eit norsk selskap har gått sin eigen veg og teke i bruk betong.
EnergyNest (tidlegare NEST) har utvikla ei betongblanding laga for å ta opp i seg mest mogleg varme. Ei smart løysing med varmevekslarar gjer at store mengder varme raskt kan lagrast i betongen når fornybare kraftverk produserer for fullt og hentast ut att når det er mørkt eller vindstille. Materiala som nyttast i energilagra er berekraftige og lett tilgjengeleg over heile verda. Dette gjer at kostnadane blir vesentleg reduserte samanlikna med andre lagringsløysingar for termisk energi.
Teknologien blir no demonstrert i eit byutviklingsprosjekt i Abu Dhabi. Her har EnergyNest bygd eit energilager i betong ved eit forskingsanlegg for konsentrert solkraft.
Petroleumsforsking
Offentleg støtte til FoU og kompetansebygging i petroleumssektoren er viktig for å sikre ei effektiv og miljøvennleg utnytting av petroleumsressursane og samtidig medverke til utvikling av den norske petroleumsnæringa som vår fremste høgteknologiske kunnskapsindustri. Satsinga medverkar til å byggje opp kunnskap og utvikle nye, meir miljøvenlege teknologiar og løysingar. Redusert miljøpåverknad og reduserte klimagassutslepp er viktig målsetjingar i petroleumsforskingsprogramma PETROMAKS 2, DEMO 2000 og PETROSAM 2.
Den nasjonale teknologistrategien for petroleumsverksemda i Noreg, OG21, vart etablert i 2001. Fire teknologiområde er trekte fram: Energieffektiv og miljøvennleg berekraftig teknologi, leiting og auka utvinning, kostnadseffektiv boring og intervensjon, og framtidas teknologi for produksjon, prosessering og transport. Strategien blei revidert i 2016. Den reviderte strategien har halde ved lag ei betydeleg merksemd mot klima og energieffektive og utsleppsreduserande løysingar.
Minst 25 mill. kroner per år av departementet si løyving til PETROMAKS 2 skal øyremerkast prosjekt knytte til energieffektivisering og reduserte klimagassutslepp. I 2015 gjekk 93 mill. kroner til dette føremålet. I DEMO 2000 har prosjekt knytte til boring og brønn relevans for reduksjon i klimagassutslepp. Se boks 6.2 for eit døme på dette. Programmet støttar òg prosjekt som kan medverke til reduserte utslepp gjennom energieffektivisering offshore. I 2015 gjekk 55 prosent av tildelte midlar i DEMO 2000 til slike prosjekt.
PETROMAKS/PETROMAKS 2 og DEMO 2000 har sidan 2004 gitt støtte til over 150 prosjekt både hos forskingsmiljøa og i næringslivet med relevans for reduserte klimagassutslepp. Når desse prosjekta er avslutta, vil dei til saman ha motteke over 1 mrd. kroner i offentleg støtte. Prosjekta vil i tillegg ha utløyst 1,9 mrd. kroner i private midlar frå industri- og forskingspartnarar. Dersom forskingsresultata og den nye teknologien blir tekne i bruk, vil dei kunne medverke til meir energieffektive prosessar eller til direkte reduserte utslepp av klimagassar.
Det blir løyvd midlar til to forskings- og kompetansesenter over Olje- og energidepartementets budsjett, ARCEx og National IOR Centre. Desse skal mellom anna utvikle klima- og miljøvennlege løysingar for norsk petroleumsverksemd. ARCEx har som eit hovudmål å utvikle meir miljøvennleg teknologi for leiting etter olje og gass i Arktis. Det vert òg lagt vekt på å skaffe fram ny kunnskap om økosystema for å analysere miljøpåverknad og miljørisiko. IOR-senteret utviklar metodikk for å kunne velje dei beste og mest energieffektive og miljøvennlege injeksjonsmetodane for ulike felt.
Det blir òg løyvd midlar til langtidsverknader av utslepp til sjø gjennom Forskingsrådets program MARINFORSK og til SEAPOP, som skaffar fram grunnleggjande kunnskap om norsk sjøfugl og kartlegg og overvakar sjøfuglbestandar i Noreg.
Boks 6.2 Prosjekteksempel petroleumsforsking
Eit prosjekt som har forska fram meir klimavennleg teknologi med støtte frå Forskingsrådet er Continuous Motion Rig (CMR). Målsetjinga for CMR er å utvikle ein ny type borerigg som gjer kontinuerleg boring mogleg. Med dagens teknologi må heile boreoperasjonen stoppast for kvar 30 meter som blir bora. Det gir store påkjenningar og krev mykje energi. Med kontinuerleg boring kan kraftbehovet reduserast samtidig som talet på stopp i boreoperasjonen blir færre. Det er venta at kostnadane kan reduserast med inntil 40 prosent. Kortare boretid og meir energieffektiv teknikk reduserer òg bruken av gassturbinar, og difor også CO2-utsleppa med 40 prosent. Dette er det største prosjektet som nokon gong er finansiert av DEMO 2000. Testriggen er plassert på Ullandhaug utanfor Stavanger. Målet er å bore ein 1 500 meter djup brønn for å teste om målsetjinga med redusert boretid på 30 prosent er oppnåeleg.
6.4 Klimagassbudsjett og utsleppseffektar knytte til sentrale tiltak
Noregs innanlandske energibruk er forbunde med lågare utslepp enn i mange andre land, også når utsleppa frå energibruken i olje- og gassektoren er inkluderte. Dette skuldast at norsk elektrisitetsproduksjon er fornybar og at Noreg har ein stor del elektrisitet i sluttforbruket samanlikna med andre land.
Samla norske utslepp av klimagassar var 53,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2014. Utsleppa forbundne med innanlandsk energibruk var 34,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar i 2014. Dei resterende utsleppa er knytte til olje- og gassutvinning (14,7 mill. tonn CO2-ekvivalentar) og energiproduksjon, inkludert raffinering (3,6 mill. tonn CO2-ekvivalentar). Av dei om lag 34,9 mill. tonn CO2-ekvivalentar forbundne med innanlandske utslepp (i 2014) var om lag 14,3 mill. tonn CO2-ekvivalentar prosessutslepp. Dei resterande 20,6 mill. tonn CO2-ekvivalentane stammar frå energibruk til energiformål.
I perioden 1990–2014 auka netto innanlandsk sluttforbruk inkludert råstoff med over 14 prosent, samtidig som dei tilhøyrande utsleppa gjekk ned med nesten 16 prosent. Utsleppa per eining energibruk er dermed reduserte med over 26 prosent sidan 1990. Dette speglar at samansetjinga av energiberarar har endra seg. Bruken av energiberarar som er forbundne med lite utslepp eller som er klimanøytrale, slik som elektrisitet, fjernvarme og bioenergi, har auka eller ligg fast. Ei konvertering frå fossile energikjelder til elektrisitet inneber både ei effektivisering av energibruken gjennom betra verknadsgrad, og reduserte utslepp. I tillegg har forbruket av fossile energikjelder endra samansetjing. Bruken av kol og koks og dei tyngste petroleumsprodukta er redusert, mens gass- og dieselbruken har auka.
Den norske kraftforsyninga har ein normalårsproduksjon på om lag 138 TWh. Av dette står fornybar kraft for om lag 98 prosent. Den norske kraftsektoren har dermed den høgaste fornybardelen og dei lågaste utsleppa i Europa. Med ein tilsvarande elektrisitetsmiks som gjennomsnittet i EU, ville Noregs totale utslepp av CO2 ha vore meir enn det dobbelte av i dag.
Utsleppa av CO2 frå petroleumssektoren er venta å vere relativt stabile dei næraste åra. Fleire felt er under utbygging, og vil komme i drift dei næraste åra. Av desse er fleire tredjepartstilknytingar og har lite eigne utslepp, eller dei blir planlagde med kraft frå land anten frå start eller nokre år ut i levetida. Utsleppa i petroleumssektoren er kvotepliktige og er omfatta av det europeiske kvotesystemet (EU ETS) som innan 2030 skal reduserast med 43 prosent samanlikna med 2005. Reduksjonen vil skje ved at den tilgjengelege kvotemengda i marknaden blir redusert gradvis.
Regjeringa peikte i Meld. St. 13 (2014–2015) om klimamålet for 2030 på fem satsingsområde i klimapolitikken: lågutsleppsutvikling i industrien, grøn skipsfart, fangst og lagring av CO2, fornybar energi og transportsektoren. OED følgjer opp fleire av innsatsområda i Regjeringas klimapolitikk.
Satsinga på energi- og petroleumsforsking og utvikling skal medverke til meir effektiv og miljøvennleg utnytting av norske energiressursar. Vidare skal den medverke til reduksjon av nasjonale og globale utslepp utover det som kan ventast med eksisterande teknologi og løysingar. Den kunnskapen ein kjem fram til i dag vil kunne gi grunnlag for ny forsking og ny kunnskap. Grunna uvisse om omfang og tidspunkt for introdusering og kommersialisering av ny teknologi under utvikling, finst det ingen presise anslag på framtidige utsleppseffektar av teknologi som berre er på forskings- og utviklingsstadiet.
Enova estimerer at dei samla direkte utsleppsreduksjonane knytte til deira kontraktfesta prosjekt i 2015 var 120 000 tonn CO2-ekvivalentar, der 40 000 kom frå bedrifter i kvotepliktig sektor. Desse resultata omfattar berre direkte reduksjonar i klimagassutslepp som ei følgje av tiltak som gir redusert bruk av fossile brensler. Andre effektar, for eksempel som ei følgje av at prosjekt som Enova støttar inneber endring av produksjonsprosessar i industrien, eller spreiing av teknologi, er ikkje med i tala. Ei rekkje hypotesar og føresetnader er lagt til grunn for utrekningane slik at det er ein del uvisse rundt tala. I løpet av 2015 har Enova inngått nye avtaler som gir eit venta kontraktfesta energiresultat på om lag 1 757 GWh/år.
Enova har dei siste åra fått utvida sitt mandat og fått auka overføringar. Enova forvaltar blant anna ei satsing på energi- og klimateknologi. Satsinga er retta inn mot utvikling av ny teknologi og støtte til teknologiar og løysingar nær marknadsintroduksjon, blant anna skal Enova kunne gi støtte til investeringar i fullskala produksjonslinjer i industrien. Enova skal vurdere prosjekt ut frå potensialet for kostnadseffektive utsleppsreduksjonar på lang sikt. Enova skal prioritere støtte til prosjekt og løysingar som har stort spreiingspotensial både nasjonalt og internasjonalt. Enova forvaltar frå 2015 òg ei ny satsing på miljøvennleg transport. Målet er at satsinga skal medverke til reduserte klimagassutslepp i transportsektoren. Arbeidet skal byggje opp under utvikling av ei miljøvennleg omlegging på lang sikt gjennom å utvikle og ta i bruk teknologiar og nye løysingar som kan medverke til dette, under dette pilot- og demonstrasjonsprosjekt. Det er krevjande å kvantifisere den fulle verknaden på klimagassutsleppa av satsingane som følgje av at verknadene i stor grad vil vere indirekte og avhengig av teknologiane si vidare utbreiing i marknaden.
Regjeringas strategi for arbeidet med CO2-handtering vart lagt fram i Prop. 1 S (2014–2015). Arbeidet med CO2-handtering skal medverke til å utvikle og demonstrere teknologi for fangst og lagring av CO2 med eit spreiingspotensial. Tiltaka omfattar forsking, utvikling og demonstrasjon, arbeid med å realisere fullskala demonstrasjonsanlegg, transport, lagring og alternativ bruk av CO2 og internasjonalt arbeid for å fremje CO2-handtering. Det er ikkje mogleg per i dag å kvantifisere utsleppsreduksjonane som vil kunne realiserast gjennom desse tiltaka. Kor store reduksjonar i CO2-utslepp som kan oppnåast avhenger av kor CO2-fangst til slutt blir realisert og blant anna av kva slag tekniske løysingar som blir valt.
6.5 Berekraftsmålet på energi
I 2015 vedtok FNs medlemsland 17 mål for berekraftig utvikling fram mot 2030. Berekraftsmål nr. 7, energimålet, seier at ein skal «sikre tilgang til pålitelig, bærekraftig og moderne energi til en overkommerlig pris for alle». Vidare er det definert tre delmål og to gjennomføringsmekanismar.
Hovudmålet med energimålet er å medverke til at alle har tilgang til berekraftig og moderne energi, at meir fornybar energi blir bygt ut og at energien blir brukt meir effektivt. Energitilgang er ein føresetnad for og mogleggjer økonomisk vekst og er derfor heilt sentralt i arbeidet med å avskaffe fattigdom. Samtidig må ny energi byggjast ut på ein berekraftig måte og energien må brukast meir effektivt, noko som medverkar til å redusere utslepp av klimagassar og som minimerer andre miljø- og helsekostnader.
Energimålet og dei ulike delmåla er anten oppnådde nasjonalt eller i tråd med norsk politikk og nasjonale mål. Det er så langt føremålstenleg sikra energitilgang til alle. Noreg har ein svært høg fornybar del samanlikna med andre land. Nesten all produksjon av elektrisitet er fornybar, og av det totale energiforbruket i Noreg er delen fornybar energi i dag på rundt 69 prosent. Verkemiddel på både tilbods- og forbrukssida sikrar ein framhalden overgang frå fossil til fornybar energi. Noreg har i dag ei rekkje verkemiddel som medverkar til energieffektivisering nasjonalt. Det er blant anna innført energikrav til bygg og krav til økodesign og energimerking av energirelaterte produkt følgjer av EUs regelverk. I tillegg medverkar Enova til å utvikle marknader for energieffektive løysingar og utløyse potensial for energieffektivisering.
Utforminga av energipolitikken må på ein god måte ta omsyn til energiforsyningstryggleiken, klimautfordringane, natur og miljø og verdiskaping. Vi kan erstatte bruk av fossile energikjelder i bygg, transportsektoren og industrien med fornybar energi. Regjeringa vil leggje til rette for ei fortsatt effektiv, klimavennleg og sikker energiforsyning i Noreg. Oppgåvene må løysast på måtar som gir mest mogleg verdiar for samfunnet, til lågast mogleg kostnad.
I følge den siste statusrapporten frå initiativet for berekraftig energi for alle (SEA4All) manglar 1,1 milliardar menneske tilgang til elektrisitet og 2,9 milliardar menneske brukar ineffektive og forureinande kokeomnar. Gjennom innsatsen for fornybar energi i utviklingspolitikken ønskjer Noreg å medverk til at utviklingsland når berekraftsmålet for energi. Innsatsen skal medverke til å gjennomføre Parisavtala og støttar utviklingsland sitt arbeid med auka bruk av fornybar energi og energieffektivisering, slik dette er nedfelt i landa sine innmelde klimaplanar. Regjeringa legg stor vekt på å bruke bistandsmidlar strategisk slik at privat og kommersiell kapital kan utløysast. Samarbeidet med norsk næringsliv vil bli styrkt og det blir lagt vekt på å utnytte norske komparative fortrinn som vasskraft og sol. Norfund er saman med Norads næringslivsordningar, GIEK og Eksportkreditt sentrale verkemiddel for å få med norske bedrifter.
Noreg har i mange år gitt støtte til auka produksjon av og tilgang til fornybar energi og energieffektivisering i utviklingsland og gjennom EØS-ordningane. Gjennom programmet Olje for utvikling delar Noreg si erfaring med å utvinne petroleumsressursane på ein måte som tek omsyn til miljø og klima. Policydialog og bistand til reformer, lovverk, institusjonsbygging og regionalt samarbeid er sentrale område for tilrettelegging for investeringar frå privat sektor. Auka produksjon av fornybar kraft krev svært store investeringar. Norfund vil derfor vere hovudinstrument frå norsk side for å medverke til ny kraftutbygging i utviklingsland. Norfund har etablert partnarskap med norske selskap for å sikre meir kapital og teknisk kompetanse. I tillegg vil det vere viktig å medverke til elektrifisering gjennom utbygging av straumnettet, lokalt straumnett eller løysingar for enkeltbustader. Framover vil innsatsen bli styrkt innanfor humanitær bistand og i sårbare statar.
7 Arbeidet med effektiviseringspotensial under Olje- og energidepartementet
Avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma som vart innført frå og med 2014-budsjettet og som blir ført vidare i 2017, er ein generell og effektiv måte å hente ut gevinstar til fellesskapet. For verksemdene inneber dette at det må gjerast tiltak som kvart år hentar ut gevinstar av driftsrammene. Ansvaret for å hente ut desse effektiviseringsgevinstane ligg hos den enkelte verksemda. Olje- og energidepartementet (OED) har følgt opp at dette kravet blir lagt til grunn som eit minimumskrav for alle driftspostar og administrasjonsløyvingar på departementets område. Parallelt går det føre seg arbeid med å avdekkje og fjerne tidstjuvar som omfattar utdatert regelverk, unødvendig rapportering, tungvinte prosedyrar eller andre årsaker til ineffektiv ressursbruk. Departementet legg med dette fram eit utval av pågåande og planlagte tiltak for auka produktivitet og effektivitet på OEDs ansvarsområde.
7.1 Effektivisering ved bruk av IKT og forenkling av næringslivets kontakt med styresmaktene
Oljedirektoratet (OD) har over mange år arbeidd systematisk med å samle inn og gjere data og informasjon tilgjengeleg, noko som har gitt norsk sokkel eit konkurransefortrinn i forhold til andre petroleumsprovinsar. OD er såleis allereie leiande når det gjeld effektiv databehandling for sektoren. OD utviklar ein felles nettbasert portal (SMIL) for styresmakter og næringa for søknader, innrapportering og saksbehandling. SMIL-prosjektet har som mål å korte ned behandlingstida for søknader både hos styresmakter og rettshavarar, sikre god kvalitet i søknadene, sikre god sporbarheit i informasjon og saksbehandling, redusere manuell behandling av data og organisere og lagre data slik at dei kan nyttast i sokkeloversikter og analysar. SMIL-prosjektet er eit tiltak for effektivisering av arbeidsprosessar og elektronisk samhandling med næringa og støttar opp om målsetjingane i Regjeringas digitaliseringsprogram.
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) arbeider òg med overgang til rapportering og søknader på nett. NVE har utvikla nettskjema og auka den elektroniske ekspederinga av brev. Overgang til rapportering og søknader på nett medverkar til effektivisering av den interne saksbehandlinga. Saksflyt blir automatisert og validering av innsende data betrar datakvaliteten og reduserer saksbehandlingstida.
Alle statlege verksemder skal i 2016 ta i bruk digital post til innbyggjarane. Dette gjeld utsending av post til innbyggjarar som har valt digital postkasse og som ikkje har reservert seg. Altinn skal nyttast for digital post frå forvaltninga til næringsdrivande. Overgangen frå papirbasert post til digital post vil gi innsparingar for statlege verksemder, blant anna i form av reduserte portokostnader. For å realisere delar av desse gevinstane, foreslår Regjeringa ein samla reduksjon på 196,3 mill. kroner i 2017. Gevinstrealisering ved overgang til digital post er henta ut frå driftsbudsjetta til verksemdene ved at driftsrammene er reduserte frå og med 2017.
NVE arbeider saman med fleire etatar om å etablere eit nasjonalt heildekkjande og nøyaktig høgde- og terrengdatasett basert på laserdata. Slike data er viktige for planleggings- og analyseunderlag for ei rekkje oppgåver og etatar, under dette beredskap, flaum- og skredkartlegging, forvaltning av naturressursar, sikker luftfart og betre verktøy for planlegging og prosjektering av veg, jernbane og andre byggjetiltak. Gevinstpotensialet er i form av kostnadsinnsparingar for den enkelte brukaren og betre datakvalitet. For NVE medverkar dette til eit meir effektivt arbeid med å førebyggje risiko for flaum- og skredskadar.
OED har sett i gang eit prosjekt for å kartleggje og effektivisere arbeidsprosessar og elektronisk samhandling internt. Det pågår òg eit arbeid med å effektivisere fellesadministrative tenester i departementsfellesskapet. Det er utarbeidd ein felles handlingsplan for departementsfellesskapet med ulike fellesprosjekt for å følgje opp dette arbeidet, fleire av desse omfattar effektivisering ved auka bruk av IKT.
Verksemdene arbeider med å identifisert tiltak som kan medverke til redusert bemanning og driftsutgifter på sikt ved bruk av felles løysingar. Verksemdene nyttar i dag fleire system for handtering av fråvær, timeføring, lønnsutbetaling, utbetalingar av reiserekningar, og rapportering knytt til dette. OD har vedteke å nytte Direktoratet for økonomistyring sine tenester innanfor lønn og reise. Effektivitet, under dette ressursbruk, har vore blant dei viktigaste kriteria som er lagt til grunn for avgjerda. Løysinga blir sett i drift i 2017. Neste steg er å gjere same vurderinga for direktoratets rekneskapsfunksjon. NVE har frå 2016 inngått avtale med DFØ om levering av lønnstenester. Lønns- og rekneskapstenestene for departementa er allereie sentraliserte og det går føre seg eit utviklingsarbeid med omsyn til å kunne effektivisere dette ytterlegare gjennom samlinga av tenestene hos DFØ.
NVE er med i Direktoratet for forvaltning og IKTs pilotprosjekt «Samordna meldings-utveksling i offentleg sektor». Prosjektet ser på følgjande tenester: Sikker digital post til innbyggjarar og verksemder, meldingsutveksling mellom offentlege verksemder (eMelding) og eInnsyn/ny OEP (offentleg elektronisk postjournal). Tiltaket har som målsetjing å innfri krav om sikker digital post, forenkle kommunikasjon mellom offentlege verksemder og redusere behovet for ressursar til behandling av ønskje om innsyn ved at offentlege dokument automatisk blir publiserte på eInnsyn.
7.2 Gjennomgang av oppgåver, krav, pålegg, reguleringar mv. for å vurdere føremålseffektivitet
NVE har oppheva ordninga med lokale energiutgreiingar. Kravet om at nettselskap skal greie ut og oppdatere lokale energiutgreiingar anna kvart år vart oppheva frå 1. november 2015. Ordninga vart unødvendig ettersom kommunane no er pålagde å utarbeide eigne energi- og klimaplanar. Effekten av avviklinga er at nettselskapa må bruke mindre ressursar på å møte krav frå det offentlege.
NVE har òg arbeidd med ein overgang til meir risikobasert tilsyn slik at dei viktigaste tilsynsobjekta blir prioriterte. For eksempel har NVE forenkla rutinar for behandling av tekniske planar for dammar i ulike konsekvensklassar, som gjer det mogleg å bruke meir ressursar på oppfølging av dammar med store brotkonsekvensar.
Vidare er konsesjonsbehandlinga i NVE effektivisert. I energimeldinga, som vart lagt fram i april, legg departementet opp til å forenkle og effektivisere saksbehandlinga i samband med utbygging av fornybar energi. Departementet avviklar Samla Plan for vassdrag og varslar lovforslag om tidleg avslag for openbert svake vind- og vasskraftprosjekt. I tillegg vil ei nasjonal ramme for vindkraft gi tydelegare signal og vere meir føreseieleg, og dermed spare tid i konsesjonsbehandlinga.
7.3 Tiltak for meir verksam konkurranse og å utnytte konkurranseelement hos eksterne leverandørar
Petoro AS følgjer opp kontraktar med eksterne leverandørar og stiller krav til effektivisering hos leverandørane. Ved inngåing av nye større kontraktar blir det lagt vekt på insentivordningar gjennom kontraktsfesta målpris som gir redusert tidsbruk hos leverandør og reduserte kostnader for Petoro. Eit eksempel er kontrakt med rekneskapsleverandør for SDØE der kostnaden i 2015 er redusert med om lag 2 mill. kroner samanlikna med eit snitt av føregåande år (2012–2014). Tilsvarande er det lagt inn målpris i ny kontrakt med rekneskapsleverandør for Petoro AS som vil gi insentiv til redusert tidsbruk hos leverandør.
OED har nyleg gjennomført ei ekstern evaluering av NVE. I tillegg til vurdering av måloppnåing beskriv evalueringa òg om oppgåvene kunne ha vore gjennomførde med høgare effektivitet. Evalueringa gir nokre tilrådingar som kan effektivisere NVEs ressursbruk ytterlegare. Departementet vil avklare og følgje opp dei funna evalueringa har gjort i dialog med NVE. Ei av tilrådingane er å skilje ut anleggsverksemda i NVE, det vil si ei løysing der NVE konsentrerer seg om planlegging og bestilling av flaum- og skredvern og der sjølve bygginga av dette blir gjort av private. I følgje evaluator vil dette på sikt kunne auke farten på utbygging, gi lågare kostnader, høgare innovasjon og større fleksibilitet. OED vil vurdere tilrådinga vidare.
8 Olje- og energidepartementets beredskapsarbeid
Olje- og energidepartementet (OED) har det overordna ansvaret for viktige samfunnsfunksjonar og beredskapsområde knytta til kraftforsyninga. OED har ansvar og oppgåver knytta til å førebyggje skade som følgje av brot på dammar, flaum og skred. Departementet har sektoransvar for olje- og gassaktivitetane på kontinentalsokkelen og på land. Arbeids- og sosialdepartementet har regelverks- og tilsynsansvar for HMS, inkludert beredskap, i petroleumsverksemda. OED har òg ansvar for departementets eigen beredskap og for å vere budd på å ta del i sentral handtering ved nasjonale kriser.
8.1 Forsyningstryggleik for elektrisitet
Stabil og effektiv kraftforsyning er rekna som ein sentral del av Noregs kritiske infrastruktur. Tilgang på elektrisk kraft blir stadig viktigare for å kunne halde ved lag normal aktivitet i samfunnet. Stabil og sikker elektrisitetsforsyning er òg av stor verdi for å sikre kritiske samfunnsfunksjonar i krisesituasjonar, og for å halde ved lag landet si forsvarsevne under beredskap og i krig.
Det operative ansvaret for kraftforsyningsberedskapen er delegert til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), som er beredskapsstyresmakt etter energilova kapittel 9. NVE leier Kraftforsyningas beredskapsorganisasjon (KBO), der einingane i kraftforsyninga deltek.
Ved problem over kortare tid med å balansere forbruk og tilgjengeleg forsyning (effektmangel) har Statnett som systemansvarleg fullmakt til å treffe nødvendige tiltak. Forsyningstryggleiken i Noreg er god, men aktørar som er heilt avhengige av ei straumforsyning utan avbrot, må sjølve syte for eigenberedskap gjennom naudstraumaggregat eller andre løysingar. Ved eventuell energimangel har styresmaktene særskilde tiltak for å redusere fare for rasjonering. I ytterste tilfelle kan styresmaktene innføre rasjonering. Slik kraftsystemet no er, er likevel rasjonering lite sannsynleg.
8.2 Beredskapslager av petroleumsprodukt
Ved eventuell svikt i tilførslene til OECD-området, blir det ytt bidrag til eventuelle krisehandteringsplanar initiert av IEA for å dempe skadeverknadene av underskotet. Aktuelt tiltak for krisehandtering nedstraums er trekk i beredskapslager av petroleumsprodukt. Oljeselskap som produserer (raffinerer) eller importerer petroleumsprodukt, er lovpålagte å halde beredskapslager tilsvarande 20 dagars normalforbruk. Ved behov, det vil seie ved ein svikt i leveransane til den norske marknaden eller på verdsmarknaden, kan styresmaktene påleggje selskapa å selje frå desse lagra.
Ansvaret for drivstofforsyning er planlagt overført frå OED til Nærings- og fiskeridepartementet.
8.3 Forsyningstryggleik for gass
Norsk petroleumsverksemd er viktig for ei påliteleg energiforsyning til Europa. Norsk gass dekkjer over 20 prosent av det totale europeiske gassforbruket. Departementet er på si side ansvarleg for å utforme eit ressursforvaltningssystem (rammeverk) som skal syte for ei best mogeleg forvaltning av olje- og gassressursane på norsk sokkel. Rettshavarane er gitt ansvar for utvikling, produksjon og sal av norsk olje og gass. Rammeverket er utforma for å sikre at aktørane har best mogeleg evne til å oppfylle dette.
Det er oljeselskapa og Gassco AS som har det operative ansvaret for leveransetryggleik for gass. Oljeselskapa si evne til å yte leveransetryggleik knyter seg både til enkeltfelt på sokkelen, den samla feltporteføljen til selskapa og evna deira til å sikre seg nedstraums ved kommersielle arrangement, gasslager med meir.
Gassco er som operatør for transport- og behandlingsanlegga for gass på vegner av eigarane i Gassled, underlagt petroleumslovgivinga. Forsyningstryggleik er ein integrert del av drifta deira, og risikostyring og beredskapsarbeid ein naturleg del av operatørrolla. Arbeidet er regulert av lov- og forskriftsverk, avtaler med interessentskapet Gassled og avtaler med skiparane i systemet, og Gassco si koordinerande rolle i leveransane for gass. Gassco er ansvarleg for kvaliteten på transportnettet og utfører inspeksjonar og vedlikehald.
Ved ei hending med konsekvensar for helse, miljø eller tryggleik (HMS) rapporterer operatøren til Petroleumstilsynet. Petroleumstilsynet rapporterer vidare til blant anna Oljedirektoratet.
8.4 Skred og vassdrag
Det operative ansvaret og gjennomføringa av statlege oppgåver knytte til å førebyggje skade som følgje av brot på dammar, flaum og skred, er delegert til NVE.
NVE har ansvar for å sjå til at tiltakshavarar planlegg, byggjer og driv vassdragsanlegg slik at tryggleiken for menneske, miljø og eigedom blir teken vare på, og at det blir utarbeidd beredskapsplanar for å handtere større hendingar. NVE kan gi pålegg til eigar av vassdragsanlegg om å gjennomføre tiltak for å avgrense skadar. NVE kan også sjølv setje i verk tiltak når det er særskilt fare for alvorleg skade.
NVE gir hjelp og rettleier kommunane med å førebyggje skadar frå flaum, erosjon og skred. Oppgåvene inneber å kartleggje og informere om fareområde, gi faglege råd og retningsliner for kommunal arealplanlegging, gi kommunar fagleg og økonomisk hjelp til planlegging og gjennomføring av sikringstiltak, overvake og varsle flaum og skredfare. I tillegg gir NVE råd til kommunar og politi under beredskaps- og krisesituasjonar.
8.5 Sentral krisehandtering og departementets eigen beredskap
I «Kgl.res 15. juni 2012 – Instruks for departementenes arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap, Justis- og beredskapsdepartementets samordningsrolle, tilsynsfunksjon og sentral krisehandtering (samordningsresolusjonen)» kap. IV, er det stilt krav til departementa sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap.
For å medverke til eit godt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap, i både førebygging og handtering, skal departementet gjennom godt eigna beredskapsplanverk, robust organisering og hyppige og relevante øvingar, vere førebudd på å:
møte alle typar kriser i eigen sektor effektivt og profesjonelt
yte bistand til andre departement når det trengst
ta rolla som leiardepartement
OEDs planverk for krisehandtering skal dekkje ulike typar kriser som OED kan bli involvert i både i sektor og ved kriser som gjeld departementet sjølv.
OED gjennomfører og planlegg for relevante beredskapsøvingar i 2016, det vert blant anna gjennomført ei nasjonal øving på IKT-hendingar. Departementet vil føre vidare dette arbeidet i 2017.
9 Utgreiing om likestilling og oppfølging av IA-avtala
Likestillingslova pålegg offentlege styresmakter skjerpa aktivitetsplikt for å fremje likestilling mellom kjønna på alle samfunnsområde. Olje- og energidepartementet har tidlegare gått gjennom alle budsjettområda i departementet, og utført ei vurdering av likestillinga innanfor departementet sine budsjettområde. Departementet har ikkje funne løyvingar som eignar seg for spesielle kjønns- og likestillingsanalysar.
Olje- og energidepartementet
Likestillingsperspektivet er forankra i personalpolitikk, lønnspolitikk og tilpassingsavtale. Arbeidet for likestilling er ein integrert del av verksemda.
Den enkelte leiaren i departementet skal medverke til at kvinner og menn får likeverdige arbeidsoppgåver og høve til fagleg og personleg utvikling i departementet.
Kompetansegivande oppgåver og tiltak skal fordelast slik at det medverkar til likestilling mellom kvinner og menn.
Departementet skal ha ein lønnspolitikk som medverkar til å fjerne eventuelle kjønnsrelaterte lønnsforskjellar på alle nivå.
Omsynet til likestilling skal vere eitt av kriteria som blir lagt til grunn ved rekruttering til ledige stillingar.
Årleg personalstatistikk skal gi oversikt over aktuelle likestillingsrelaterte spørsmål i departementet.
Oljedirektoratet
Likestillingsperspektivet er forankra i personalpolitikk, lønnspolitikk og tilpassingsavtale. Arbeidet for likestilling er ein integrert del av verksemda.
Rekruttering: Det skal i tilsetjingsprosessar rettast merksemd mot å halde ved lag ei jamn fordeling mellom kvinner og menn ved rekruttering til OD. Det skal rettast merksemd mot søkjarar med annan etnisk bakgrunn og kandidatar med nedsett funksjonsevne.
Forfremjing: Etatsleiar skal oppmode kvinner til å melde si interesse for direktørfunksjonar.
Utvikling: Leiinga skal ha fokus på den einskilde sin faglege utviklingsplan ved bemanning av lag. Leiinga skal i aktuelle tilfelle oppmode kandidatar til å melde interessa si for å gå inn i aktuelle lag i tråd med den faglege utviklingsplanen. Leiinga og fagkoordinatorar skal fokusere likestillingsaspektet ved bruk av opplæringsmidlar. Leiinga har temaet likestilling som årleg fokus.
Lønn og arbeidstilhøve: Kollektiv leiing skal ha fokus på å finne årsaker til dokumenterte lønnsforskjellar mellom kvinne/mann med tanke på å justere lønsnivået der det finst grunnlag for å gjere det.
Trakassering og vern: Det blir gjennomført jamlege arbeidsmiljøundersøkingar og medarbeidarsamtalar der dette kan takast opp.
Noregs vassdrags- og energidirektorat
Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) arbeid med likestilling og mangfald er forankra i NVEs interne regelverk. Det er NVEs mål å ha eit arbeidsmiljø som sikrar at NVE held på dei beste tilsette uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering eller alder.
NVE har tiltak for å sikre likestilling og hindre diskriminering; ved rekruttering, ved tilrettelegging for personar med nedsett funksjonsevne, ved tilrettelegging ved graviditet, foreldrefråvær og andre omsorgsoppgåver, ved seniorpolitikk og ved lønnsforhold.
Leiarar får opplæring av HR-eininga i arbeidet for likestilling og mot diskriminering. Tiltak og retningslinjer er forankra i NVEs leiing og blir jamleg reviderte og følgde opp av HR-eininga, som bl.a. utfører kontrollar og målingar, og i nært samarbeid med tenestemannsorganisasjonane.
Departementet og etatane har vurdert om det er forhold på arbeidsplassane som kan fungere som barrierar mot likestilling, både for arbeidstakarar og arbeidssøkjarar. På bakgrunn av desse vurderingane er det sett i gang eller planlagt ulike tiltak for å sikre likestilling. Det er blant anna sett på rekruttering, lønns- og arbeidsforhold, forfremjingar, høve til utvikling o.a.
9.1 Status i departementet og underliggjande etatar
Det er i tabellane nedanfor presentert ein kjønnsdelt statistikk på sentrale personalområde.
Tabell 9.1 Tilstandsrapportering (kjønn) i Olje- og energidepartementet per 31. desember 2015 samanlikna med tal frå Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. oktober 2014.
Menn | Kvinner | Total | Menn | Kvinner | ||
---|---|---|---|---|---|---|
Prosent | Prosent | (N) | Kroner | Kroner | ||
Totalt i OED | 2015 | 47,8 | 52,2 | 157 | 55 025 | 46 356 |
2014 | 49,1 | 50,9 | 163 | 56 788 | 46 958 | |
Leiing | 2015 | 75,0 | 25,0 | 4 | 92 842 | 81 208 |
2014 | 75,0 | 25,0 | 4 | 88 561 | 81 033 | |
Avdelingsdirektør | 2015 | 85,0 | 15,0 | 20 | 73 349 | 77 544 |
2014 | 85,0 | 15,0 | 20 | 75 877 | 76 310 | |
Underdirektør | 2015 | 44,0 | 56,0 | 25 | 50 339 | 57 941 |
2014 | 48,0 | 52,0 | 25 | 57 926 | 57 364 | |
Seniorrådgivar | 2015 | 49,0 | 51,0 | 51 | 48 229 | 49 088 |
2014 | 52,9 | 47,1 | 51 | 50 154 | 49 419 | |
Rådgivar | 2015 | 29,0 | 71,0 | 45 | 38 465 | 39 648 |
2014 | 27,3 | 72,7 | 44 | 40 978 | 40 371 | |
Sjukefråværsstatistikk (legemeldt) | 2015 | 5,6 | 1,5 | 3,5 pst. | ||
2014 | 2,0 | 6,0 | 3,9 pst. |
Kilde: Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. oktober 2015. Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikta. Det er fem tilsette på leiarlønskontrakt som ikkje er med i denne oversikta. NB! 2014 basert på lønnstrinn, inkludert overtidsbetaling. 2015 er basert på faktisk lønnsberekning, ekskludert overtidsbetaling.
Tabell 9.2 Tilstandsrapportering (kjønn) i Oljedirektoratet per 31. desember 2015 samanlikna med tal frå Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. oktober 2014.
Menn | Kvinner | Total | Menn | Kvinner | ||
---|---|---|---|---|---|---|
Prosent | Prosent | (N) | Kroner | Kroner | ||
Totalt i OD | 2015 | 54,0 | 46,0 | 234 | 63 739 | 56 518 |
2014 | 54,9 | 45,1 | 226 | 65 245 | 57 611 | |
Toppleiing | 2015 | 50,0 | 50,0 | 16 | 96 558 | 96 160 |
2014 | 70,0 | 30,0 | 10 | 96 519 | 107 146 | |
Sjefingeniør | 2015 | 59,4 | 40,6 | 180 | 68 029 | 62 234 |
2014 | 59,9 | 40,1 | 152 | 69 639 | 64 689 | |
Rådgivar | 2015 | 36,3 | 63,2 | 21 | 42 376 | 41 888 |
2014 | 26,3 | 73,7 | 19 | 41 928 | 42 899 | |
Overingeniør | 2015 | 47,1 | 52,9 | 34 | 43 029 | 43 816 |
2014 | 50,0 | 50,0 | 30 | 44 213 | 44 293 | |
Avdelingsingeniør | 2015 | 28,6 | 71,4 | 4 | 38 950 | 37 825 |
2014 | 25,0 | 75,0 | 4 | 38 875 | 39 326 | |
Førstekonsulent – konsulent | 2015 | 36,4 | 63,6 | 11 | 33 631 | 37 740 |
2014 | 16,7 | 83,3 | 6 | 38 328 | 39 525 | |
Sjukefråværsstatistikk (legemeldt) | 2015 | 1,0 | 1,3 | 1,6 pst. | ||
2014 | 1,8 | 3,5 | 3,9 pst. |
Kilde: Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. oktober 2015. Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikta. Det er ein tilsett på leiarlønskontrakt som ikkje er med i denne oversikta.
Tabell 9.3 Tilstandsrapportering (kjønn) i Noregs vassdrags- og energidirektorat per 31. desember 2015 samanlikna med tal frå Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. oktober 2014.
Menn | Kvinner | Total | Menn | Kvinner | ||
---|---|---|---|---|---|---|
Prosent | Prosent | (N) | Kroner | Kroner | ||
Totalt i NVE | 2015 | 58,9 | 41,1 | 598 | 51 416 | 48 474 |
2014 | 60,0 | 40,0 | 582 | 50 546 | 46 731 | |
Avdelingsdirektør | 2015 | 42,9 | 57,1 | 7 | 96 439 | 95 388 |
2014 | 37,5 | 62,5 | 8 | 93 211 | 92 727 | |
Seksjonssjef | 2015 | 66,7 | 33,3 | 39 | 68 419 | 68 501 |
2014 | 70,3 | 29,7 | 37 | 66 860 | 65 544 | |
Sjefingeniør | 2015 | 83,9 | 16,1 | 31 | 64 256 | 65 850 |
2014 | 90,0 | 10,0 | 30 | 63 249 | 68 064 | |
Forskar | 2015 | 58,8 | 41,2 | 17 | 51177 | 52487 |
2014 | 58,8 | 41,2 | 17 | 51 006 | 51 388 | |
Senioringeniør | 2015 | 70,1 | 29,9 | 147 | 52 808 | 51 437 |
2014 | 58,9 | 27,1 | 140 | 51 661 | 49 613 | |
Seniorrådgivar | 2015 | 57,1 | 42,9 | 105 | 54 328 | 53 129 |
2014 | 58,1 | 41,9 | 93 | 55 274 | 50 900 | |
Overingeniør | 2015 | 60,5 | 39,5 | 76 | 45 840 | 44 836 |
2014 | 58,8 | 41,0 | 68 | 44 644 | 44 003 | |
Rådgivar | 2015 | 30,1 | 69,1 | 55 | 44 113 | 42 314 |
2014 | 45,1 | 54,9 | 51 | 43 471 | 41 133 | |
Førstekonsulent | 2015 | 42,1 | 57,9 | 19 | 38 265 | 38 747 |
2014 | 25,8 | 74,2 | 31 | 37 471 | 38 048 | |
Avdelingsingeniør | 2015 | 41,7 | 58,3 | 24 | 37 708 | 38 292 |
2014 | 50,0 | 50,0 | 30 | 33 618 | 37 893 | |
Seniorkonsulent | 2015 | 15,2 | 84,8 | 33 | 37 600 | 38 980 |
2014 | 13,8 | 86,2 | 29 | 37 371 | 38 216 | |
Konsulent | 2015 | 16,7 | 83,3 | 6 | 33 482 | - |
2014 | 12,5 | 87,5 | 8 | 36 974 | 33 607 | |
Formann | 2015 | 100,0 | 0,0 | 10 | 39 458 | - |
2014 | 100,0 | 0,0 | 9 | 38 717 | 0 | |
Fagarbeidar | 2015 | 100,0 | 0,0 | 21 | 33 028 | - |
2014 | 100,0 | 0,0 | 21 | 34 817 | 0 | |
Sjukefråværsstatistikk (legemeldt) | 2015 | 2,3 | 4,8 | 3,4 pst. | ||
2014 | 2,3 | 4,8 | 3,3 pst. |
Kilde: Statens sentrale tenestemannsregister, bemanningsoversikt per 1. oktober 2015. Kategoriar med berre ein tilsett er ikkje med i oversikta. Det er ein tilsett på leiarlønskontrakt som ikkje er med i denne oversikta.
9.2 Vurdering og utgreiing av likestillingstiltak på grunnlag av kjønn, etnisk bakgrunn, religion og nedsett funksjonsevne
9.2.1 Olje- og energidepartementet
Rekruttering
Målsetjinga er å halde ved lag kjønnsbalansen, og rekruttere fleire kvalifiserte kandidatar med innvandrarbakgrunn og med nedsett funksjonsevne.
Resultatet er at departementet held ved lag ein god kjønnsbalanse, men opplever for få fagleg kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Lønns- og arbeidsvilkår
Målsetjinga er å sikre ei kjønnsnøytral lønn og lik lønn for same arbeid eller arbeid av lik verdi.
Lønnsstatistikken syner at menn har høgare snittløn enn kvinner. Årsakene er samansette, men alderssamansetjing og ansiennitet er noko av forklaringa.
Tiltak for å sikre likeløn er nedfelte i departementets personalpolitikk, lønnspolitikk og tilpassingsavtale. Det blir gjort likelønnsvurderingar før dei årlege lokale lønnsforhandlingane baserte på kjønnsdelt lønnsstatistikk.
Forfremjing
Målsetjinga er å få ei kjønnsfordeling på leiarnivå meir i tråd med kjønnsfordelinga i departementet.
Personalstatistikken syner at departementet har få kvinner som avdelingsdirektørar, men har ein god balanse for underdirektørar.
Likestillingstillitsvalt får høve til å uttale seg i alle tilsetjingssaker og i den årlege personalstatistikken om situasjonen i departementet når det gjeld likestillingsspørsmål.
Høve til utvikling
Målsetjinga er å sikre ei god fagleg og personleg utvikling for alle tilsette.
Den enkelte leiar har hovudansvaret for at tilsette får nødvendig kompetanse for å utføre arbeidsoppgåver på ein tilfredsstillande måte. Den årlege medarbeidarsamtala er ein viktig arena for drøfting av kompetansehevande tiltak.
Leiarar på alle nivå har eit særleg ansvar for å fremje medarbeidarane si faglege og personlege utvikling. Den faglege og personlege kompetansen til kvar enkelt medarbeidar skal vere best mogeleg tilpassa departement sine mål og oppgåver.
Vern mot trakassering
Arbeidsmiljøundersøking blir gjennomført jamleg, og medarbeidarsamtaler blir gjennomførte årleg.
Departementet har eigne varslingsrutinar i medhald av Arbeidsmiljølova, og følgjer lov- og avtaleverk knytt til verneombod, helseteneste o.a.
9.2.2 Oljedirektoratet
Rekruttering
Oljedirektoratet (OD) skal i tilsetjingsprosessar ha fokus på å halde ved lag ei jamn fordeling mellom kvinner og menn ved rekruttering til OD. Det skal rettast merksemd mot søkjarar med annan etnisk bakgrunn og kandidatar med nedsett funksjonsevne.
Målsetjinga er å motverke at det oppstår eller blir ført vidare utilsikta mønster ved rekrutteringsprosessar.
Det er ingen funn no når det gjeld likestilling som tilseier spesielle tiltak knytte til rekruttering.
Det er ikkje rekruttert inn ny fast kompetanse med redusert funksjonsevne i 2015.
Lønns- og arbeidsvilkår
Leiinga skal ha fokus på å finne årsaker til dokumenterte lønnsskilnader mellom kjønna med tanke på å justere lønsnivået der det er grunnlag for det. Dette har vore fokus ved lokale lønnsoppgjer dei siste åra.
I OD tente menn 13 prosent meir enn kvinner ved utgangen av 2015. Målsetjinga er å sikre ei kjønnsnøytral lønn i OD, jf. utdanning, kvalifikasjonar, alder, ansvar, oppgåver og avtalte kriterium. OD gjorde i 2014 ein intern analyse av lønnsnivå hos menn og kvinner. Her vart det avdekt at menn tener meir enn kvinner med same utdanningsnivå, men at dette hovudsakeleg skuldast høgare alder.
Ser ein på lønnsutvikling hos menn og kvinner vart det gjort ei undersøking av 32 medarbeidarar, 15 kvinner og 17 menn, som vart tilsette i 2007 og 2008 og som per 2014 framleis var tilsette. Her hadde kvinnene ein lønnsauke i perioden 2009–2014 på 27 prosent og mennene 19 prosent. Kvinner hadde gjennomgåande betre lønnsutvikling enn menn på tvers av alle aldersgrupper.
Forfremjing
Forfremjing er i OD definert som rotasjon til mellombelse leiingsfunksjonar. Vurderingar knytte til eventuelle barrierar for forfremjing er, ut frå OD sine tilhøve, i hovudsak gjort i høve til kjønn. OD har no fleire kvinner enn menn i direktørfunksjonane, ni kvinner og åtte menn.
Etatsleiar skal oppmode kvinner til å melde si interesse for direktørfunksjonar.
Høve til utvikling
Leiinga skal ha fokus på den enkelte medarbeidar sin faglege utviklingsplan ved bemanning av lag. Leiinga skal i aktuelle høve oppmode kandidatar til å melde si interesse for å gå inn i aktuelle lag i tråd med den faglege utviklingsplanen. Leiinga og fagkoordinatorar skal fokusere likestillingsaspektet ved bruk av opplæringsmidlar. Vidare har leiinga har temaet likestilling som årleg fokus.
Behov for bemanning av lag blir lyst ledig på intranettet, og ressursstyringa blir konkludert i leiarmøte mellom anna etter råd frå fagkoordinatorar. Den enkelte medarbeidaren sin faglege utviklingsplan inngår som element. For å sikre ei god utvikling for den enkelte, skal OD fokusere på at den enkelte sin faglege utviklingsplan blir teken vare på ved bemanning av lag.
Målsetjinga er å sikre ei god utvikling for alle.
Vern mot trakassering
Arbeidsmiljøundersøking og medarbeidarsamtaler er tiltak for å avdekkje trakassering og vern mot dette. Det er gjennomført to påfølgjande like arbeidsmiljøundersøkingar i 2015 og 2016, som blir følgde opp med relevante tiltak.
Målsetjinga er å syte for at alle har eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsmiljøundersøking blir gjennomført jamleg, og medarbeidarsamtaler blir gjennomførte årleg.
9.2.3 Noregs vassdrags- og energidirektorat
Rekruttering
Det er eit personalpolitisk mål å spegle samfunnets samansetjing i alder, kjønn og kulturell bakgrunn. NVE er tilknytt avtala om inkluderande arbeidsliv og legg forholda til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.
NVE har samla annonsemidlane ved HR-eininga med målsetjing om betre ressursutnytting, meir heilskapleg profilering av NVE og å kunne setje inn tiltak for å få ekstra merksemd på område der vi har vanskar med å rekruttere.
NVE opplever at det er få eller ingen fagleg kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne til NVEs ledige stillingar. Kvalifiserte søkjarar med innvandrarbakgrunn har ofte mangelfulle norskkunnskapar (skriftleg), noko som er nødvendig for ein offentleg saksbehandlar. NVE har i nokre tilfelle lagt til rette for norskundervisning. NVE legg ut alle utlysingar på jobbforalle.no så sant stillinga ikkje stiller krav til 100 prosent funksjonsevne.
Lønns- og arbeidsvilkår
Det er foreløpig ikkje avdekt utilsikta og ikkje forklarlege lønnsforskjellar mellom kvinner og menn under elles like vilkår i NVE. Målsetjinga er at dette helt fram. NVE overvakar derfor likelønnssituasjonen kontinuerleg og kartlegg jamleg for å kunne oppdage eventuelle utilsikta lønnsforskjellar.
Om lag 80 prosent av NVEs tilsette har jamleg medarbeidarsamtale med leiaren sin. Det er utvikla eit nytt verktøy for medarbeidar- og utviklingssamtaler i NVE som vart implementert i 2014. Målsetjinga var å etablere eit betre opplegg og verktøy for samtalene, for igjen å medverke til vidareutvikling av de tilsette.
NVEs nye personalhandbok vart implementert våren 2013. Det er òg utarbeidd ei ny leiarhandbok som skal hjelpe NVEs leiarar i forhold til oppfølginga av sine medarbeidarar. Lett tilgjengeleg og alltid oppdatert informasjon er føreseieleg og trygt, medverkar til lik behandling av dei tilsette og synleggjer NVEs personalpolitikk. Arbeidet med vedlikehald og oppdatering av handbøkane fortsett framover. Ny HMS-handbok vart implementert i 2015.
For å medverke til utvikling av medarbeidarane og sikre betre ressursutnytting, sette NVE i gang eit kollegarettleiings- og teamutviklingsprogram, med midlar frå DIFI. NVE fekk positive tilbakemeldingar frå medarbeidarar og leiarar på opplegget som starta opp i 2011. NVE fekk ytterlegare midlar frå DIFI og programmet held difor fram i 2013 og 2014. Programmet blei avvikla ved årsslutt i 2014.
NVE utfører jamlege arbeidsmiljøundersøkingar. Seinaste måling vart gjennomført hausten 2013 og viser stabile og gode resultat. Resultata av undersøkinga peiker på visse utviklingsområde, som blei følgjde opp i 2014. I 2015 vert det avklart korleis og kor hyppig framtidige målingar skal gjerast.
Høve til utvikling
NVEs tilsette har alle dei same høva til forfremjing og utvikling, uavhengig av kjønn, etnisitet, funksjonsevne osv. Det er ikkje avdekt noko som tilseier at dette bør utgreiast nærare i NVE.
Det er eit uttalt mål å auke delen kvinnelege leiarar. Under elles like vilkår har NVE derfor prioritert kvinner til ledige leiarstillingar. Delen aukar jamt. I 2014 var 35,3 prosent av NVEs leiarar kvinner. Talet for 2015 er 36,5 prosent. I NVEs toppleiing er 4 av 7 avdelingsdirektørar kvinner.
Vern mot trakassering
NVE har ei klar haldning mot trakassering/diskriminering og evt. diskriminerande språk og oppførsel vil bli slått ned på straks. Alle tilsette har krav på rettferd og lik behandling. NVEs retningslinjer mot trakassering/diskriminering er forankra i personalpolitiske retningslinjer, i etiske retningslinjer, i lønnspolitikken og i IKT-tryggleiksinstruksen.
HR-eininga, NVEs leiing og IKT-seksjonen har ansvar for oppfølging av retningslinjene.
9.3 Oppfølging av IA-avtala
Olje- og energidepartementet
Olje- og energidepartementet har utarbeidd ein handlingsplan for arbeid med eit meir inkluderande arbeidsliv 2014–2018. Det er sett delmål for sjukefråvær (ikkje overstige 4 prosent), for arbeidstakarar med redusert funksjonsevne og for å få arbeidstakarar til å bli lengre i jobben.
Samla sjukefråvær er gått ned frå 3,9 prosent i 2014 til 3,5 prosent i 2015.
Oljedirektoratet
Samla sjukefråvær er gått ned frå 3,9 prosent i 2014 til 2,7 prosent i 2015.
Målet om å motivere seniormedarbeidarar til å utsetje tidspunktet for pensjon er vanskeleg å måle. Erfaringane er at dei aller fleste vel å arbeide utover 62 års alder, og etter ei evaluering av personalpolitikken i OD i 2012 vart det derfor ikkje innført eigne tiltak for seniormedarbeidarar.
Det er ikkje rekruttert medarbeidarar i ordinære stillingar med nedsett funksjonsevne i 2015, men OD har hatt ein i praksisplass via NAV i om lag 1 år.
Noregs vassdrags- og energidirektorat
IA-utvalet er avvikla i NVE. Det blir rapportert direkte til AMU. I tillegg blir det årleg halde to IA-møte med leiinga og tenestemannsorganisasjonane. Leiaren og HR-eininga sitt oppfølgingsansvar er tydeleggjort og blir betre følgt opp, mellom anna gjennom betre verktøy.
NVE har utarbeidd ein eigen mål- og aktivitetsplan i samarbeid med tenestemannsorganisasjonane. NVE har fokus på førebygging, tilrettelegging og oppfølging og å finne gode løysingar på ein konstruktiv og føremålstenleg måte.
I NVEs handlingsplan for IA-arbeid 2013 er eitt av måla å medverke til at menneske med utfordringar i arbeidslivet får høve til reell arbeidspraksis, med tanke på at dei skal ut i ordinært/tilbake i arbeid. NVE legg vekt på å ha ei bevisst haldning på å inkludere menneske med redusert funksjonsnivå og har kontinuerleg personar inne på arbeidspraksis/arbeidstrening.
Sjukefråværet i NVE er stabilt lågt. Det totale sjukefråværet i 2015 var på 3,39 prosent.
10 Tilsetjingsvilkår for leiarar i heileigde statlege føretak under Olje- og energidepartementet
10.1 Enova SF
Administrerande direktør i Enova SF fekk i 2015 lønn på kroner 1 684 694. I tillegg fekk han anna godtgjersle på kroner 105 680. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var kroner 126 985.
Administrerande direktør si pensjonsordning er basert på Statens pensjonskasses til ei kvar tid gjeldande reglar for pensjonsalder og aldersgrense, og samla kompensasjonsgrad skal ikkje overstige 66 prosent av lønna, og då avgrensa til 12 G.
I medhald av tilsetjingsavtala gjeld ei gjensidig oppseiingstid på seks månader. Han har inga avtale om etterlønn, bonusar eller aksjar og opsjonar.
10.2 Gassnova SF
Avtroppande administrerande direktør i Gassnova SF fekk i 2015 lønn på kroner 2 491 787. Vidare fekk han anna godtgjersle på kroner 94 555. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var kroner 203 545. Det er i tillegg inngått avtale om eit sluttvederlag knytt til lønn og anna godtgjersle på kroner 2 471 993.
Administrerande direktør si pensjonsordning er basert på Statens pensjonskasses til ei kvar tid gjeldande reglar for pensjonsalder og aldersgrense, og samla kompensasjonsgrad skal ikkje overstige 66 prosent av lønna, og då avgrensa til 12 G.
Administrerande direktør har krav på etterlønn i seks månader utover oppseiingstida på seks månader dersom ho etter dialog med styret fråtrer stillinga si før avtaleperioden går ut. Eit sluttvederlag tilseier eit fråfall frå reglane om eit oppseiingsvern i arbeidsmiljølova. Tilsetjing i ny stilling tilseier ein høvesvis reduksjon av sluttvederlaget (utover oppseiingstida).
10.3 Statnett SF
Konsernsjef i Statnett SF fekk i 2015 lønn på kroner 2 826 337. I tillegg fekk han anna godtgjersle på kroner 149 687. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var kroner 2 364 850.
Konsernsjef har inga avtale om bonus eller liknande. Pensjonsalder er 65 år for konsernsjef og pensjonen utgjer 66 prosent av pensjonsgrunnlaget. Konsernsjef har avtale om tolv månaders etterlønn ved oppseiing frå selskapet si side.
10.4 Petoro AS
Administrerande direktør i Petoro AS fekk i 2015 lønn på kroner 3 221 000. I tillegg fekk ho anna godtgjersle på kroner 179 000. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var kroner 1 850 000.
Pensjonsalder er 67 år for administrerande direktør. Pensjonsytinga er berekna til om lag 66 prosent av pensjonsgrunnlaget fråtrekt ei berekna yting frå folketrygda. Gjensidig oppseiingstid er seks månader. Det er inngått avtale om etterlønn utover oppseiingstid på tolv månader.
10.5 Gassco AS
Avtroppande administrerande direktør i Gassco AS fekk i 2015 lønn på kroner 3 276 000. I tillegg fekk han bonus og anna godtgjering på kroner 312 000. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var kroner 4 530 000. Påtroppande administrerande direktør (frå 1. oktober 2015) i Gassco AS fekk i 2015 lønn på kroner 1 000 000. I tillegg fekk han bonus og anna godtgjering på kroner 4 000. Kostnadsførte pensjonsforpliktingar var kroner 82 000.
Administrerande direktør har ei bonusordning som kan gi inntil 10 prosent av grunnlønna i bonus. Han har same pensjonsordning som øvrige tilsette, dvs. ei tradisjonell ytelsesordning opptil 12 G. Gjensidig oppseiingstid er seks månader. Han har inga avtale om etterlønn.
Fotnoter
Nytt anslag for Sverdrup er frå august 2016.
Endring i investeringar sidan førre rapportering for Aasta Hansteen tek utgangspunkt i oppdatert anslag i Prop. 24 S (2015–2016) Endringar i statsbudsjettet 2015 under Olje- og energidepartementet.
Alle utsleppstal er frå SSBs førebelse tal for utslepp til luft for 2015 .
Utsleppstala inkluderar innretningane på sokkelen, samt den del av landanlegg som er omfatta av petroleumsskatteloven.