Prop. 108 L (2015–2016)

Endringer i bustadoppføringslova mv. (tidspunktet for garantistillelse)

Til innholdsfortegnelse

Forslag
til lov om endringer i bustadoppføringslova mv. (tidspunktet for garantistillelse)

I

I lov 13. juni 1997 nr. 43 om avtalar med forbrukar om oppføring av ny bustad m.m. gjøres følgende endringer:

§ 12 nytt annet ledd skal lyde:

Entreprenøren skal stille garantien straks etter avtaleinngåinga. Er det i avtalen teke atterhald om opning av byggjelån, sal av eit bestemt tal bustader eller løyve om igangsetjing, er det likevel tilstrekkeleg at entreprenøren stiller garantien straks etter at atterhalda fell bort, men entreprenøren skal i alle høve stille garanti før byggjearbeidet tek til.

Nåværende annet til åttende ledd blir nye tredje til niende ledd.

Nytt niende ledd skal lyde:

I tilfelle der det skal stillast garanti etter fristen i andre ledd første punktum, har forbrukaren rett til å halde att alt vederlag fram til det er dokumentert at det ligg føre garanti i samsvar med paragrafen her. I tilfelle der det skal stillast garanti etter fristen i andre ledd andre punktum, og dette ikkje er gjort, kan forbrukaren gje entreprenøren eit skriftleg varsel med ein frist på minst ti virkedagar til å rette forholdet. Har entreprenøren heller ikkje innan denne fristen dokumentert at det er stilt garanti i samsvar med paragrafen her, har forbrukaren rett til å heve avtalen.

§ 47 tredje ledd annet punktum skal lyde:

§ 12 sjette og sjuande ledd gjeld tilsvarande.

II

I lov 3. mars 1972 nr. 5 om arv m.m. skal § 76 nytt annet ledd lyde:

Ein ektemakes eller sambuars rettar etter lova her kan berre avgrensast ved eit lovval etter konvensjon 19. november 1934 mellem Norge, Danmark, Finland, Island og Sverige om arv og dødsboskifte artikkel 3 dersom ektemaken eller sambuaren har fått kunnskap om dette før arvelataren døydde.

III

Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer.