1 Innleiing
Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp seks nye investeringsprosjekt, be om godkjenning av endringar i eit tidlegare godkjent prosjekt og å orientere Stortinget om nokre andre prosjekt og tiltak.
Proposisjonen har følgjande innhald:
Godkjenning av kostnadsramma for tre nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt: Ørland hovudflystasjon – nytt vedlikehaldsbygg F-35, Ørland hovudflystasjon – ny hovudinfrastruktur F-35 og Bardufoss flystasjon – ny brannstasjon.
Godkjenning av kostnadsramma for tre nye materiellprosjekt: Hovudkampsystem Leopard 2, Kampluftvern til Hæren og Mellomløysing Ula-klassen ubåtar.
Godkjenning av endringar i eit tidlegare godkjent prosjekt: AEGIS COTS Baseline Update.
Saker til informasjon: Kampflybase – etableringskostnadar, Ørland hovudflystasjon – baneforlenging, Einskapshelikopter til Forsvaret, Ubåtkapasitet etter 2020 og Sensorar for militær luftromsovervaking.