4 Tidlegare godkjent materiellprosjekt – godkjenning av endring av omfang og kostnadsramme
4.1 AEGIS COTS Baseline Update
Forsvaret sine fregattar bidreg til å ivareta Forsvaret sine oppgåver i fred, krise og krig. Fregattane har eit vidt spekter av sensorar og våpen, og er nyttige i heile breidda av maritime operasjoner, både nasjonalt og internasjonalt. Stortinget vart i Prop. 1 S (2014–2015) informert om overføring av restaktivitetar frå prosjekt Nye fregattar til andre prosjekt og at omfanget ville vera om lag 550 mill. kroner.
Hovudleveransane i fregattprosjektet er no avslutta, og planen er å terminera prosjektet i 2015. Forsvarsdepartementet meiner at det er eit poeng i seg sjølv å få avslutta fregattprosjektet i år så ein får gjort opp rekneskap og avstemt om målsetningane er nådde. Prosjektet har gått føre seg i mange år og det er ei utfordring å skulle halde på personellet i fregattprosjektet.
Det har, etter ei vurdering av kva for restaktivitetar i prosjektet som skal prioriterast vidareførde, sett opp mot andre strengt naudsynte behov for kampsystemet fregatt, framkome eit behov for å vidareføra og ferdigstilla restaktiviteter knytte til klargjering for helikopter, satellittkommunikasjon, styre- og framdriftssystem, radarsystem, sensorsystem og elektrisk anlegg. Kostnadane for desse aktivitetane er på 536 mill. kroner og vert føreslege tekne inn i prosjektet AEGIS COTS Baseline Update. Dette prosjektet vart godkjend ved Stortinget si handsaming av Innst. 7 S (2013–2014), jf. Prop. 1 S (2013–2014), og kostnadsramma er noverdijustert til 709 mill. kroner medrekna ei avsetjing for usikkerheit.
Status for restaktivitetane vil verta særskilt orientert om i dei komande proposisjonane.
Overføringa av restaktivitetar har ingen økonomiske konsekvensar for Forsvaret fordi desse midlane i utgangspunktet er tildelt fregattprosjektet. Den tilrådde kostnadsramma for prosjekt 6086, etter endringane som er omtala over, er 1 245 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit. I tillegg kjem det gjennomføringskostnadar for prosjektet på om lag 107 mill. kroner.