2 Nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt for godkjenning
2.1 Kampflybase Ørland
Stortinget har, gjennom handsaminga av Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid, vedteke at hovudbasen for Forsvaret sine nye kampfly skal verta etablert ved Ørland hovudflystasjon.
Som oppfylging av Stortinget sitt vedtak har Forsvarsdepartementet mellom anna gitt Forsvarsbygg oppdrag om å etablera den nye hovudbasen. Med bakgrunn i dette oppdraget har Forsvaret og Forsvarsbygg både vidareutvikla eksisterande utgreiingar og gjort nye utgreiingar baserte på dei føresetnadane som låg til grunn i Prop. 73 S (2011–2012). Mellom anna er det føreslege ein reguleringsplan for Ørland hovudflystasjon, og ein har byrja arbeidet med å utarbeida forprosjekt for dei ulike kapasitetane som er naudsynte for dei nye kampflya. Parallelt med dette er ein òg i gang med ei vidareutvikling av dei operative konsepta for F-35, konseptet for styrkeproduksjon og utarbeiding av vedlikehalds- og forsyningsløysing for kampflya. Forsvaret ser òg på eit konsept for trygging av den nye hovudbasen.
Etter tilrådingar frå Forsvaret og Forsvarsbygg har Forsvarsdepartementet valt å etablera stort sett all infrastruktur til F-35 i eit eige avgrensa område i nordre del av Ørland hovudflystasjon, F-35-området. I F-35-området vil ein byggja eit nytt skvadronsbygg, nytt vedlikehaldsbygg, nye garasjar til flya med tilhøyrande infrastruktur samt nye operative flater som vert kopla saman med eksisterande hovudinfrastruktur og rullebanesystem ved flystasjonen. I tillegg vil det vera naudsynt å forlenga den eksisterande hovudrullebanen og parallellbanen nordover. Etableringa omfattar òg innløysing av bustadar utanfor baseområdet på grunn av støy, gjennomføring av støytiltak på sivil og militær bygningsmasse samt grunnerverv for forlenging av rullebanesystemet. Etableringa vil skje i dialog med Avinor AS som driv flysikringstenestene og med operatøren av den sivile delen av flyplassen.
Stortinget vedtok, gjennom handsaminga av Innst. 234 S (2013–2014), jf. Prop. 84 S (2013–2014) Investeringar i Forsvaret, å byggja det nye skvadronsbygget for å kunne ta imot dei første fire simulatorane for F-35 innan utgangen av 2016. Forsvarsdepartementet vil gjennom denne proposisjonen leggja fram dei investeringsprosjekta som er naudsynte for å kunne ta imot dei første F-35-flya som er planlagde å kome til Noreg hausten 2017. Det gjeld etablering av ny hovudinfrastruktur og nytt vedlikehaldsbygg.
2.2 Nytt vedlikehaldsbygg F-35
Nytt vedlikehaldsbygg for F-35 er eit viktig prosjekt for etableringa av kampflybasen og anskaffinga av F-35 som Forsvaret sitt nye kampfly.
Vedlikehaldsbygget vil mellom anna innehalde seks vedlikehaldsdokker, to spesialdokker, to vaskehallar og ulike verkstadar for F-35-systema. Å lokalisera vedlikehaldsfasilitetane nært dei operative kapasitetane og simulatorfasilitetane, vil sikra maksimal utnytting av ressursane. Kort avstand mellom trenings- og vedlikehaldskapasiteten og dei operative avdelingane vil gje ein effektiv flytimeproduksjon og sikra god operativ kapasitet for kampflyvåpenet.
Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene for store statlege investeringar. Ekstern kvalitetssikrar konkluderer med at prosjektet kan vidareførast i samsvar med planen og tilrår minimumsyting som høgaste prioriterte styringsmål, medan «kostnadsoptimalisert framdriftsstyring» vert nest høgaste prioritet. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma. Forsvarsdepartementet vil følgje opp desse forholda i den vidare styringa av prosjektet og syta for at dei risikoreduserande tiltaka, som ekstern kvalitetssikrar har tilrådd, vert fylgt opp innan prosjektet vert sett i gong.
Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 1 430 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit.
Byggjeprosjektet for etablering av nytt vedlikehaldsbygg for F-35 på Ørland har eit grensesnitt mot fleire andre investeringsprosjekt på den nye kampflybasen. Vedlikehaldsbygget skal koplast saman med det nye skvadronsbygget for F-35. Vidare er det behov for materiellprosjekt for anskaffing av møblar, IKT-utstyr og lager- og verkstadmateriell. For innreiingsprosjekta vil det verta utarbeidd eigne forprosjekt, der det einskilde prosjektet vil verta godkjend innanfor Forsvarsdepartementet si fullmakt, jf. Stortinget si handsaming av Innst. 7 S (2014–2015), jf. Prop. 1 S (2014–2015).
2.3 Ny hovudinfrastruktur F-35
Prosjektet for ny hovudinfrastruktur til F-35-flya ved Ørland hovudflystasjon omfattar mellom anna etablering av ei ny høgspent kraftforsyning, som skal verta integrert i det eksisterande kraftanlegget. Vidare skal prosjektet leggja nye røyr for vatn, avlaup og overvatn fram til F-35-området frå tilkoplingspunkta på det kommunale vatn- og avlaupssystemet. Prosjektet skal òg leggja fjernvarme- og fjernkjølerøyr frå den nye energisentralen som skal byggjast ved Ørland hovudflystasjon til det nye F-35-området, og vidare til det eksisterande administrative området ved Ørland hovudflystasjon. I tillegg skal det leggjast ny IKT-infrastruktur til F-35-området. Prosjektet omfattar òg nye tilkomstvegar med tilhøyrande gang- og sykkelvegar frå eksisterande vegnett på basen til det nye F-35-området, medrekna snuplass og parkering for sivile køyrety.
Prosjektet for etablering av ny hovudinfrastruktur for F-35-flya på Ørland hovudflystasjon skal samordnast tett mot det allereie godkjende prosjektet for etablering av nytt skvadronsbygg.
Prosjektet inkluderer òg infrastruktur til det nye brannøvingsfeltet ved Ørland hovudflystasjon.
Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 288 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit.
Byggjeprosjektet for etablering av ny hovudinfrastruktur til F-35 på Ørland har vidare eit grensesnitt mot fire andre investeringsprosjekt i etableringa av den nye kampflybasen ved Ørland hovudflystasjon. Infrastruktur til det nye vedlikehaldsbygget, garasjeområdet til F-35 flya, ny energisentral og rullebaneforlenginga vil verta ivareteke i det einskilde investeringsprosjektet.
2.4 Bardufoss flystasjon – ny brannstasjon
Prosjektet for ny brannstasjon til brann-, rednings- og plasstenesta (BRP-tenesta) på Bardufoss flystasjon vart opphavleg godkjend innanfor Forsvarsdepartementet si fullmakt til å starta opp og gjennomføra prosjekt av lågare kategori, jf. Stortinget si handsaming av Innst. 7 S (2011–2012), jf. Prop. 1 S (2011–2012). Prosjektet har si bakgrunn i at eksisterande brannstasjon på Bardufoss er i dårleg stand, den møter ikkje dagens krav til ein funksjonell brannstasjon og den er dimensjonert for eit anna driftsmønster enn dagens. I tillegg er dagens plassering av brannstasjonen lite eigna for flyplassdrifta og dei flyoperative tilhøva.
På bakgrunn av ny kjennskap om marknadssituasjonen er det synleggjort ei stor auke i marknadsprisen i byggje- og anleggsmarknaden i Indre Troms utover den normale årlege prisjusteringa. I tillegg er det i detaljprosjekteringa synleggjort behov for nokre mindre justeringar frå det opphavleg godkjende prosjektet. Prosjektet må fremjast for Stortinget då den nye kostnaden no overstig Forsvarsdepartementet si fullmakt.
Prosjektet omfattar bygging av ein ny brannstasjon med infrastruktur. Bygget inneheld mellom anna vogn- og vaskehallar, verkstadar, lager, kontor og møterom. I tillegg omfattar prosjektet oppstillingsplassar for køyrety, vegar, vatn/avlaup, el- og teleteknisk anlegg og fjernvarme. Brannstasjonen skal framleis ivareta behova til både Forsvaret, Avinor og Målselv kommune.
Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 148 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit. I tillegg er det naudsynt å skaffa innreiing til bygget. Innreiingsprosjektet vil verta godkjend innanfor Forsvarsdepartementet si fullmakt, jf. Stortinget si handsaming av Innst. 7 S (2014–2015), jf. Prop. 1 S (2014–2015).
Etter «Samarbeidsavtalen mellom Forsvaret og Avinor om flyplass- og flytryggingsverksemd», skal Avinor dekkje sin forholdsmessige del av dei årlege avskrivings- og kapitalkostnadane ved flyplassinvesteringar, basert på talet på flyrørsler, avgrensa opp til den investeringssummen som bidreg til å dekkje dei sivile krav og behov.