6 Registrering av fødselsdato for EØS-borgarar – endring i folkeregisterloven
Departementet gjer framlegg om å endre folkeregisterloven § 3-3 andre ledd. Denne gjeld registrering av fødselsdato for mellom andre personar som er omfatta av direktiv 2004/38/EF om EØS-borgarar og deira familiemedlemar sin rett til å bevege og opphalde seg fritt på medlemsstatane sitt område.
Registrering av fødselsdato er regulert i folkeregisterloven § 3-3. For personar som flyttar til Noreg og ikkje tidlegare har vore registrerte i Folkeregisteret, vert fødselsdato som hovudregel registrert på grunnlag av personen sitt pass eller liknande legitimasjonsdokument, jf. § 3-3 andre ledd fyrste punktum. For personar som er omfatta av direktiv 2004/38/EF om EØS-borgarar og deira familiemedlemar sin rett til å bevege og opphalde seg fritt på medlemsstatane sitt område, fylgjer det av § 3-3 andre ledd tredje punktum at fødselsdato vert registrert på grunnlag av det som er registrert i datasystemet til utlendingsstyresmaktene eller i registreringsbevis frå utlendingsstyresmaktene.
ESA har peika på at det etter det nemnde direktivet ikkje er høve til å krevje at personen kan leggje fram EØS-registreringsbevis eller opphaldskort for å verte registrert som busett i Noreg. Dersom ein person som er omfatta av direktivet skal registrerast i Folkeregisteret, men ikkje har slikt dokument, må folkeregisterstyresmakta sjølv vurdere personen sin rett til opphald.
Paragraf 3-3 andre ledd tredje punktum bør difor fjernast. Det gjev ikkje meining at det i lova står at fødselsdato skal registrerast på grunnlag av det som er registrert i datasystemet til utlendingsstyresmaktene eller i registreringsbevis frå utlendingsstyresmaktene, når det ikkje er krav om at slikt dokument skal leggjast fram. Fødselsdato kan registrerast på grunnlag av pass eller liknande legitimasjonsdokument i samsvar med hovudregelen.
Framlegget har vore på høyring, og ingen høyringsinstansar hadde innvendingar.
Departementet syner til framlegg om endring i folkeregisterloven § 3-3 andre ledd. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.