7 Endringar i skattebetalingsloven – mellom anna om frist ved klage over pålegg og tvangsmulkt
7.1 Innleiing og samandrag
Departementet gjer framlegg om endringar i reglane i skattebetalingsloven om frist ved klage over pålegg om oppbevaring av rekneskapsmateriale, klage over pålegg om å gje opplysningar for tredjeperson og klage på avgjerd om pålagd tvangsmulkt. Departementet gjer òg framlegg om at fristane for å klage skal utvidast slik at desse samsvarar med tilsvarande fristar etter skatteforvaltningsloven. I tillegg gjer departementet framlegg om endringar som gjer skattebetalingsloven sine reglar om oversending av avgjerd om pålagd tvangsmulkt, teknologinøytrale. Det vert òg gjort framlegg som sikrar at reglane om kven vedtaket vert sendt til, er like etter skattebetalingsloven og skatteforvaltningsloven. Endeleg vert det gjort framlegg om endringar i skattebetalingsloven sine reglar om kven som har betalingsansvar for pålagd tvangsmulkt. Endringane inneber ei harmonisering som gjer reglane enklare.
Framlegget har vore på høyring. Høyringsinstansane støttar framlegget.
Departementet syner til framlegg om endringar i skattebetalingsloven §§ 5-15 og 5-16. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde straks.
7.2 Gjeldande rett
Skattekontoret kan gje pålegg om bokføring etter skattebetalingsloven § 5-13a, og pålegg om oppbevaring av rekneskapsmateriale etter § 5-13c. Skattekontoret kan òg gje tredjepersonar pålegg om å gje kontrollopplysningar etter skattebetalingsloven § 5-14. Etter skattebetalingsloven § 5-15 andre ledd fyrste punktum skal klage over pålegg etter §§ 5-13c og 5-14 setjast fram straks når den pålegget gjeld er til stades, og elles innan tre dagar. For pålegg etter § 5-13a er klagefristen tre veker, jf. § 5-15 andre ledd andre punktum.
Skattebetalingsloven § 5-16 regulerer høve til å ileggje tvangsmulkt til den som ikkje rettar seg etter pålegg om å gje kontrollopplysningar etter skattebetalingsloven § 5-14, og den som ikkje rettar seg etter pålegg om bokføring etter skattebetalingsloven § 5-13a. Vedtak om tvangsmulkt skal rettast til styret i selskap, samvirkeføretak, foreining, innretning eller organisasjon, og skal sendast kvar styremedlem i rekommandert brev, jf. skattebetalingsloven § 5-16 tredje ledd fyrste punktum. Tvangsmulkta kan drivast inn hos styret sine medlemar og selskapet, samvirkeføretaket, foreininga, innretninga eller organisasjonen, jf. skattebetalingsloven § 5-16 tredje ledd andre punktum. Fristen for å klage på vedtak om tvangsmulkt er tre veker, jf. skattebetalingsloven § 5-16 fjerde ledd.
7.3 Høyringa
I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om endringar i reglane i skattebetalingsloven om frist ved klage over pålegg om oppbevaring av rekneskapsmateriale, klage på pålegg om å gje opplysningar for tredjeperson og klage på avgjerd om pålagd tvangsmulkt. Departementet gjorde òg framlegg om at fristane for å klage skal utvidast slik at desse samsvarar med tilsvarande fristar etter skatteforvaltningsloven. I tillegg gjorde departementet framlegg om endringar som gjer skattebetalingslovens reglar om oversending av avgjerd om pålagd tvangsmulkt, teknologinøytrale. Det vart òg gjort framlegg om endringar som sikrar at reglane om kven vedtaket skal sendast til, er like etter skattebetalingsloven og skatteforvaltningsloven. Endeleg blei det gjort framlegg om endringar i skattebetalingslovens reglar om kven som har betalingsansvar for pålagd tvangsmulkt.
Framlegget vart sendt på høyring 11. februar 2022 til følgjande høyringsinstansar:
Departementa
Datatilsynet
Direktoratet for forvaltning og økonomistyring
Domstoladministrasjonen
Finanstilsynet
Folketrygdfondet
Norges Bank
Regelrådet
Skattedirektoratet
Statistisk sentralbyrå
Tolldirektoratet
ØKOKRIM
Akademikerne
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Bedriftsforbundet
Den Norske Advokatforening
Den norske Revisorforening
Finans Norge
Hovedorganisasjonen Virke
KS
Landsorganisasjonen i Norge
Norges ingeniør- og teknologorganisasjon
Norges Bondelag
Norges Fiskarlag
Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund
Norges Rederiforbund
Norsk Bonde- og Småbrukarlag
Norsk Øko-Forum
Næringslivets Hovedorganisasjon
Regnskap Norge
Skattebetalerforeningen
Storbedriftenes skatteforum
Unio
Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund
Økonomiforbundet
Det kom inn elleve høyringssvar. Fire høyringsinstansar har gjeve substansielt svar i høyringa:
Advokatforeningen
Regnskap Norge
Skattedirektoratet
Økonomiforbundet
Forsvarsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet, Klima- og miljødepartementet, Næringslivets Hovedorganisasjon, Noregs vassdrags- og energidirektorat og Statistisk sentralbyrå har gjeve svar utan merknader.
Alle høyringsinstansane som har gjeve svar, støttar framlegget.
7.4 Vurderingar og framlegg
7.4.1 Frist for klage
Skattebetalingsloven § 5-15 andre ledd fyrste punktum om frist for klage over pålegg om oppbevaring av rekneskapsmateriale etter § 5-13c, og over pålegg om å gje kontrollopplysningar etter § 5-14, tilsvarar den tidlegare regelen i ligningsloven § 3-6 andre ledd. Når den pålegget gjeld er til stades, må vedkomande klage straks, og elles innan tre dagar. Då skatteforvaltningsloven vart vedteken, vart fristen for klage over pålegg om oppbevaring av rekneskapsmateriale etter skatteforvaltningsloven § 11-3, endra til tre veker, jf. skatteforvaltningsloven § 11-4 fyrste ledd andre punktum. Etter skatteforvaltningsloven § 10-13 andre ledd kan pålegg om å gje opplysningar påklagast innan ei veke.
Etter departementet sitt syn bør fristen for å klage over pålegg om oppbevaring av rekneskap, og fristen for å klage over pålegg om opplysningsplikt for tredjepersonar etter skattebetalingsloven, vere dei same som tilsvarande fristar etter skatteforvaltningsloven. Det vert difor gjort framlegg om å endre fristane slik at fristen for å klage over pålegg om oppbevaring av rekneskapsmateriale etter skattebetalingsloven vert tre veker. Fristen vil då svare til fristen som gjeld for å klage over pålegg om slik oppbevaring etter skatteforvaltningsloven § 11-4 fyrste ledd andre punktum. I tillegg vert det gjort framlegg om at fristen for klage over pålegg om opplysningsplikt for tredjeperson vert ei veke, tilsvarande fristen som gjeld etter skatteforvaltningsloven § 10-13 andre ledd. Etter framlegget skal klage framleis kunne setjast fram munnleg. Departementet gjer framlegg om at regelen skal flyttast til nytt andre punktum i skattebetalingsloven § 5-15 fyrste ledd.
Fristen for å klage over vedtak om tvangsmulkt er tre veker, jf. skattebetalingsloven § 5-16 fjerde ledd. Fristen for å klage over vedtak om tvangsmulkt etter skatteforvaltningsloven er seks veker, jf. skatteforvaltningsloven § 13-4 fyrste ledd. Departementet gjer framlegg om at fristen i skattebetalingsloven § 5-16 fjerde ledd vert endra til seks veker, slik at han samsvarer med fristen etter skatteforvaltningsloven.
Framlegga utvidar klagefristane og gjev den pålegget eller tvangsmulkta gjeld, betre tid til å vurdere ei eventuell klage. Framlegget styrkjer difor rettstryggleiken for den pålegget eller tvangsmulkta gjeld, og gjer regelverket enklare både for klagaren og for Skatteetaten.
Departementet syner til framlegg til endringar i skattebetalingsloven § 5-15 fyrste og andre ledd og § 5-16 fjerde ledd.
7.4.2 Kven vedtak om tvangsmulkt skal rettast til og korleis det vert sendt
Etter skattebetalingsloven skal vedtak om tvangsmulkt for ikkje å rette seg etter opplysningsplikt eller pålegg om bokføring rettast til styret i selskap, samvirkeføretak, foreining, innretning eller organisasjon, og skal sendast til kvar styremedlem i rekommandert brev, jf. skattebetalingsloven § 5-16 tredje ledd fyrste punktum.
Skatteforvaltningsloven § 14-1 fyrste ledd gjev heimel for å gje pålegg om tvangsmulkt mellom anna for den som ikkje rettar seg etter opplysningsplikta, og den som ikkje rettar seg etter pålegg om bokføring. Etter skatteforvaltningsloven § 14-1 fyrste ledd fyrste punktum jf. § 10-10 andre punktum, skal vedtak om tvangsmulkt til tredjepersonar som ikkje etterkjem opplysningsplikt etter skatteforvaltningsloven § 10-2, rettast til dagleg leiar i selskap, samvirkeføretak, foreining, institusjon eller innretning, eller til styreleiaren dersom verksemda ikkje har dagleg leiar. Vedtak om tvangsmulkt for den som ikkje rettar seg etter pålegg om bokføring, skal rettast til styret i selskap, samvirkeføretak, foreining, innretning eller organisasjon, og skal sendast til kvart styremedlem, jf. skatteforvaltningsloven § 14-1 fyrste ledd tredje punktum, jf. § 11-1 andre ledd.
Departementet gjer framlegg om at regelen i skattebetalingsloven § 5-16 tredje ledd fyrste punktum vert endra, slik at vedtak om tvangsmulkt for den som ikkje rettar seg etter plikten til å gje opplysningar etter skattebetalingsloven § 5-14, vert retta til dagleg leiar, eller til styreleiar dersom verksemda ikkje har dagleg leiar. Departementet gjer framlegg om å vidareføre regelen om at vedtak om tvangsmulkt for å ikkje etterkome pålegg om bokføring, vert retta til styret i verksemda og vert sendt kvart medlem. Framlegget inneber at reglane for kven vedtak om tvangsmulkt skal rettast til, vert like etter skattebetalingsloven og skatteforvaltningsloven, og inneber dermed at regelverket vert enklare.
Etter departementet sitt syn bør reglane om korleis vedtak om tvangsmulkt skal sendast ut vere teknologinøytrale. Det vert difor gjort framlegg om at skattebetalingsloven § 5-16 tredje ledd fyrste punktum skal endrast slik at vedtak om tvangsmulkt ikkje må sendast i rekommandert brev.
Departementet syner til framlegg til endringar i skattebetalingsloven § 5-16 tredje ledd.
7.4.3 Kven tvangsmulkta kan inndrivast frå
Tvangsmulkta kan etter gjeldande rett drivast inn frå selskapet, samvirkeføretaket, foreininga, innretninga eller organisasjonen, eller frå styremedlemane i verksemda som vert pålagde tvangsmulkt, jf. skattebetalingsloven § 5-16 tredje ledd andre punktum. Etter skatteforvaltningsloven § 14-1 fyrste ledd fyrste punktum vert tvangsmulkt pålagd den som har plikt til å gje opplysningar, eller den som ikkje rettar seg etter pålegget. For juridiske personar inneber dette at pliktsubjektet for tvangsmulktkravet er den juridiske personen i seg sjølv, sjå Prop. 38 L (2015–2016) Lov om skatteforvaltning (skatteforvaltningsloven) punkt 20.4.1.4.
Etter departementet sitt syn bør tilsvarande reglar gjelde for pålegg om tvangsmulkt etter skattebetalingsloven § 5-16. Eit eventuelt betalingsansvar for styremedlemar bør i tilfelle gjerast gjeldande i form av eit solidaransvar. Styret sitt ansvar vert regulert av aksjeloven sine reglar. Slik departementet ser det, er det ikkje behov for særskilde reglar for styremedlemar sitt betalingsansvar for tvangsmulkt etter skattebetalingsloven § 5-16.
Det vert etter dette gjort framlegg om at gjeldande regel i skattebetalingsloven § 5-16 tredje ledd andre punktum vert oppheva.
7.5 Konsekvensar av framlegget
7.5.1 Økonomiske og administrative konsekvensar
Framlegget vil krevje enkelte mindre endringar i Skatteetatens IT-system, som kan gjerast innanfor etaten sine allmenne budsjettrammer. Departementet legg til grunn at framlegget elles ikkje vil ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.
7.5.2 Personvernkonsekvensar
Departementet legg til grunn at framlegget ikkje vil ha personvernkonsekvensar.