19 Omtale av arbeidet med sektorunntaka for energi og transport i den differensierte arbeidsgjevaravgifta
Da EU endra sitt regelverk for regionalstøtte i 2013, måtte også ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift gjøras om. Den nye ordninga med differensiert arbeidsgjevaravgift vart godkjend av ESA 18. juni 2014 og vedtatt av Stortinget den 20. juni same år. Det nye regelverket inneber at enkelte sektorer ikkje lenger kan ha redusert avgift («sektorunntak»). Dette gjelder mellom anna sektorane transport og energi. For å kompensera for bortfallet av lav avgift, la regjeringa i Prop. 118 S (2013–2014) fram forslag om mellom anna å utvide den såkalla fribeløpsordninga til å gjelde også for dei unntatte sektorane.
Regjeringa har heile tida meint at sektorunntak i ordningar som den differensierte arbeidsgjevaravgifta er uheldig og bør unngåas så langt det er høve til det. Regjeringa har difor arbeidd kontinuerlig for ei løysing som på ny kan inkludere differensierte satsar for arbeidsgjevaravgift i dei aktuelle sektorane. I Prop. 1 LS (2014–2015) punkt 5.1 skreiv regjeringa mellom anna:
«Regjeringen har hatt en omfattende dialog med Europakommisjonen og ESA om sektorbegrensningene etter de nye regionalstøtteretningslinjene. Etter å ha fått gjennomslag for mindre omfattende sektorbegrensinger innenfor energisektoren og transportsektoren enn det som tidligere ble lagt til grunn av ESA og notifisert av Norge 13. mars, mener regjeringen at de begrensningene som nå er vedtatt, fullt ut utnytter det handlingsrommet som gjeldende tolkning og praksis i EU/EØS gir grunnlag for. Det vises for så vidt til redegjørelse i Stortinget 20. juni 2014 av statsråd for samordningen av EØS-saker og forholdet til EU, Vidar Helgesen.
Regjeringen vil følge nøye med på rettsutviklingen i EU/EØS med sikte på å notifisere utvidelse av ordningen med differensiert arbeidsgiveravgift dersom anvendelsen av sektorbegrensningene i EU gir grunnlag for dette. Regjeringen vil peke på viktigheten av at Norge går i dialog med Kommisjonen om fire – fem år med sikte på å påvirke neste runde med reform av statsstøtteregelverket. Dette regelverket skal tre i kraft 1. januar 2021.»
Europakommisjonen sendte 7. mars 2016 på høyring eit forslag til endringar i forordninga om gruppemeld støtte (General Block Exemption Regulation – GBER). Dette forslaget gjeld i hovudsak endringar i reglane for støtte til hamner og lufthamner. Forslaget inneheld jamvel endringar i sektorunntaka for horisontale, regionale driftsstøtteordningar i «outermost regions» (dansk: «Den yderste periferi»). «Outermost regions» omfattar ein del oversjøiske områder under Frankrike, Portugal og Spania, mellom anna Guadeloupe, Martinique, Azorene og Kanariøyene.
I avsnitt 10 i høyringsforslaget skriv Kommisjonen:
«På baggrund af den erfaring, der er indhøstet med anvendelsen af forordning nr. 651/2014, er det også hensigtsmæssigt at tydeliggøre eller ændre visse bestemmelser, som har vist sig vanskelige at anvende. Det har, navnlig med hensyn til regionale driftsstøtteordninger for regioner i den yderste periferi, vist sig vanskeligt i praksis at anvende forskellige regler for kompensation for meromkostninger ved transport og andre meromkostninger, samtidig med at anvendelsen af forskellige regler har vist sig ikke at være et hensigtsmæssigt middel til at imødegå de begrænsninger, der er omhandlet i traktatens artikel 349, og bestemmelserne bør erstattes af en metode, der finder anvendelse på alle meromkostninger. I betragtning af de begrænsede negative virkninger støtte til kultur og bevarelse og kulturarv har for konkurrencen, bør anmeldelsestærsklerne for støtte inden for disse områder forhøjes.»
I forslaget til artikkel 13 punkt b er det forslag om i prinsippet å opne for støtte til transport- og energisektorane i outermost regions (yderste periferi) og i tynt busette områder:
«b) støtte til transportsektoren samt den tilknyttede infrastruktur og energiproduktion, -distribution og -infrastruktur undtagen driftsstøtteordninger i regioner i den yderste periferi og i tyndt befolkede områder»
I forslaget til artikkel 15 er likevel dei nærare vilkåra for regional driftsstøtte ulike. I tyndt befolkede områder, opnas det for driftsstøtte for å kompensere for meirkostnadane ved transport av varar laga i slike områder, medan det i den yderste periferi, opnas for å kompensera for alle meirkostnadane.
Kommisjonen grunngjev i eit «Explanatory Memorandum» sitt forslag til endringane for den yderste perifieri med at skillet mellom transportkostnadar og andre meirkostnadar ikkje passar med korleis driftsstøtteordningar i desse områda verker. Vidare meiner Kommisjonen at ordningar med refusjon av meirkostnadar ved transport vil vere for ressurskrevjande.
Regjeringa har som nemnt ved fleire høve overfor ESA og Kommisjonen peikt på ulempene ved sektorunntaka, og er glad for at Kommisjonen når ser ut til å legge vekt på desse ulempene i forslaget til endringar i reglane for driftsstøtteordningar i den yderste periferi. Regjeringa meiner at argumentasjonen taler for tilsvarande endringar for tyndt befolkede områder omfatta av DA-ordninga (verkeområdet for den notifiserte DA-ordninga).
Forslaget gjeld støtteordningar som er gruppemelde, mens DA-ordninga er notifisert og godkjend etter regionalstøtteretningslinjene. Kommisjonens forslag gjev derfor i seg sjølv ikkje høve for Noreg til å fjerne sektorunntaka for energi og transport i DA-ordninga.
Regjeringa vil derfor oppretthalde den gode dialogen med Kommisjonen og ESA om desse sektorunntaka, og vil gje merknader til høyringsutkastet med sikte på løysingar som gjer det mogleg å gje støtte under DA-ordninga også til energi og transport.
Kommisjonen har sett frist for merknader til 30. mai 2016. Deretter vil Kommisjonen vurdere merknadene og sende eit nytt utkast på høyring hausten 2016.