3 Vegformål
3.1 Endra kostnads- og styringsramme for E18 Melleby – Momarken i Østfold
E18 Melleby – Momarken blei opna for trafikk i november 2014.
Styringsramma for prosjektet er fastsett til 1 186 mill. 2017-kr og kostnadsramma til 1 284 mill. 2017-kr. Prosjektet blei sist omtalt i Prop. 1 S (2015–2016). Det blei då varsla om ein auke i kostnadene ut over fastsett kostnadsramme for prosjektet. Auken gjeld inngått forlik med entreprenøren for to delstrekningar og midlar til å utbetre løpet for Trarabekken under E18. Vidare er det naudsynt med midlar til oreigning knytt til eit skytefelt i området.
Prognosen for sluttkostnad er auka til 1 405 mill. 2017-kr, og kostnadsramma er auka til 1 420 mill. 2017-kr. Samferdselsdepartementet foreslår å endre kostnadsramma til 1 420 mill. kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
3.2 Endra kostnads- og styringsramme for rv 13 Joberget
Prosjektet blei sist omtalt i Prop. 1 S (2016–2017), side 118. Prosjektet er vedtatt delvis bompengefinansiert, jf. Prop. 81 S (2013–2014).
Styringsramma for prosjektet er fastsett til 380 mill. kr og kostnadsramma til 418 mill. kr, rekna om til 2017-prisnivå. Som omtalt i Prop. 1 S (2014–2015), side 106, blei det avdekka kostnadsauke på prosjektet før anleggsstart i september 2015. Auken kjem i hovudsak av krav til armering/isolasjon i lausmassetunnelen og større krav til stabilisering av veglinja mot Granvinsvatnet. Vidare er det i Prop. 1 S (2016–2017) varsla kostnadsauke ut over fastsett kostnadsramme som følgje av ei større utgliding av massar i Granvinsvatnet i april 2016. Samferdselsdepartementet opplyste at det ville komme tilbake med endeleg prognose for sluttkostnad og revidert kostnadsramme for prosjektet og orientere om val av løysing forbi skredområdet.
Etter masseutglidinga har Statens vegvesen gjennomført omfattande grunnboringar i utglidingsområdet. Undersøkingane viser at det ligg store mengder med blaut leire i området. Statens vegvesen har vurdert det som krevjande å trengje bort dei blaute massane ved å fylle på stein som grunnlag for å byggje ny veg på tradisjonell måte. To alternative løysingar er derfor vurderte; kalk-/sementpælar og cellespunt (støttekonstruksjon). På bakgrunn av erfaringar frå m.a. fundamentering av kaianlegg er ei løysing med cellespunt valt. Det blir sett opp sju cellespuntar, kvar med ein diameter på 19 meter. Spuntane blir fylte med stein, og ny veg blir etablert på dei fylte cellene. Utglidingsområdet på innsida av cellene blir også fylt med stein, og dette området skal reetablerast som dyrka mark. Grunnundersøkingane har avdekka at det også er ustabil grunn utanfor utglidingsområdet. For å sikre eksisterande veg er det behov for omfattande spunting.
Prognosen for sluttkostnad er no 571 mill. 2017-kr. Dette er ein auke på 191 mill. kr i høve til fastsett styringsramme og 153 mill. kr i høve til fastsett kostnadsramme. Arbeida med cellespunting er enno ikkje gjennomførte. Metoden har ikkje vore brukt på veganlegg tidlegare. Følgjeleg er det framleis knytt uvisse til dei endelege kostnadene for prosjektet. Samferdselsdepartementet foreslår ei revidert kostnadsramme for prosjektet på 600 mill. 2017-kr, jf. forslag til romartalsvedtak.
I Prop. 1 S (2016–2017) er det lagt til grunn trafikkopning i 2018. Prosjektet er no venta opna for trafikk i oktober 2017, men opningsdatoen er noko uviss.
3.3 Kjørholt- og Bambletunnelane på E18 gjennom Grenland
Inspeksjonar og undersøkingar av Kjørholt- og Bambletunnelane på E18 i Porsgrunn og Bamble kommunar viste at dei to tunnelane måtte stengjast for å gjennomføre oppgraderingar for å betre tryggleiken i tunnelane, m.a. knytte til geologiske og geotekniske tilhøve. Tunnelane blei stengde for trafikk 21. april 2017. Samstundes med dei påkravde oppgåvene med sikring av berget vil tunnelane også bli oppgraderte for å tilfredsstille krava i tunneltryggingsforskrifta.
Oppgraderinga fører til stenging av noverande E18 mellom Heistad og Rugtvedt. Trafikken må leiast på rv 354 via Brevik og gamle Breviksbrua i heile perioden E18 er stengd. Dette vil gi omfattande trafikkulemper og belastingar for lokalsamfunnet. For å unngå ein ny periode med stengingar av Kjørholt- og Bambletunnelane i samband med etablering av nye parallelle løp som del av ei framtidig utbygging til fire felts motorveg på strekninga Langangen – Rugtvedt, vil utsprenging og fullsikring av dei nye løpa utførast parallelt med utbetringsarbeida.
Det er inngått avtale mellom staten og Nye Veier AS om utbygginga som omfattar rehabilitering og sikring av dei eksisterande løpa i Kjørholt- og Bambletunnelane. Avtalen omfattar også sprenging og permanent sikring av nye og parallelle tunnelløp som del av ei framtidig utbygging til fire felts motorveg på E18 mellom Langangen og Rugtvedt. Avtalt vederlag for utbygginga er sett til 1 435 mill. kr. Utbygginga vil bli finansiert gjennom dei årlege løyvingane til Nye Veier AS på kap. 1321, post 70 Tilskot til Nye Veier AS.
Samferdselsdepartementet orienterer normalt Stortinget om avtaler mellom staten og Nye Veier AS om vegutbygging i proposisjonar om bompengefinansiering av dei aktuelle utbyggingene. Bompengefinansiering av den samla utbygginga vil departementet leggje fram for Stortinget når ei avtale for heile utbygginga er klar.
Utbetring av tunnelane og etablering av nye løp er rekna til å stå for i storleiksorden 20 pst. av kostnadene for den samla utbygginga av E18 Langangen – Rugtvedt.
3.4 Ny systemløysing for bompengeinnkrevjing
Statens vegvesen arbeider med planlegging av innkjøp av nye systemløysingar for innkrevjing av bompengar etter at prosjektet Grindgut blei terminert. Systema er naudsynte for å krevje inn bompengar, og skal erstatte noverande sentralsystem, CS Norge. Dei fem regionale bompengeselskapa deltar i arbeidet. Kostnader til innkrevjinga av bompengar, m.a. kostnader knytte til systemløysingar, blir finansierte med bompengar, jf. òg Prop. 1 S (2012–2013) side 72 om bompengeselskapa sitt finansieringsansvar. Reine forvaltningsoppgåver som til dømes oppfølging av bompengeselskapa, blir finansierte over statsbudsjettet.