3 Nærare om utviklinga i grunnbeløpet, pensjoner og lønn seinare åra
Tabell 3.1 viser utviklinga i grunnbeløpet og i inntektene før skatt for pensjonistar i folketrygda og lønnstakarar i perioden 2005–2014. Inntekter som pensjonistar har i tillegg til pensjonsinntekta, er ikkje med her.
Tabell 3.1 Utvikling i grunnbeløpet, minstepensjonane, gjennomsnittleg alders- og uførepensjon og lønn for lønnstakarar. Prosentvis endring frå året før og gjennomsnittleg endring per år 2005–2014.
2006 | 2007 | 2008 | 2009 | 2010 | 2011 | 2 012 | 2013 | 2014 | Endring 2005–2014 | Endring per år | |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Grunnbeløp | 3,5 | 5,4 | 5,5 | 4,2 | 3,8 | 4,4 | 4,0 | 3,8 | 3,7 | 45,5 | 4,3 |
Minste pensjonsnivå/alderspensjon for einslege1 | 3,5 | 5,4 | 11,3 | 7,9 | 5,4 | 4,6 | 3,5 | 3,2 | 3,2 | 59,2 | 5,3 |
Minste pensjonsnivå/alderspensjon for ektepar/sambuande1 | 4,0 | 5,4 | 11,9 | 8,2 | 5,5 | 4,6 | 3,5 | 3,2 | 3,2 | 61,4 | 5,5 |
Minstepensjon/uførepensjon for einslege2 | 4,9 | 4,0 | 3,8 | 3,7 | - | - | |||||
Minstepensjon/uførepensjon for ektepar2 | 5,0 | 4,0 | 3,8 | 3,7 | - | - | |||||
Alderspensjon i gjennomsnitt3 | 4,8 | 6,5 | 7,6 | 6,1 | 5,6 | 5,4 | 4,4 | 4,0 | 3,7 | 59,7 | 5,3 |
Uførepensjon i gjennomsnitt3 | 3,7 | 5,4 | 6,7 | 4,6 | 4,1 | 3,6 | 4,0 | 3,7 | 2,8 | 45,9 | 4,3 |
Lønnstakarar i alt | 4,1 | 5,4 | 6,3 | 4,2 | 3,7 | 4,2 | 4,0 | 3,9 | 3,1 | 46,3 | 4,3 |
Industriarbeidarar i NHO-området | 3,6 | 5,5 | 5,7 | 3,9 | 3,6 | 4,4 | 4,1 | 3,5 | 3,0 | 44,1 | 4,1 |
Statstilsette | 4,5 | 5,1 | 6,7 | 4,4 | 4,5 | 4,2 | 4,1 | 3,5 | 3,4 | 48,4 | 4,5 |
Kommunetilsette4 | 3,9 | 4,8 | 6,7 | 4,6 | 3,7 | 4,3 | 4,1 | 3,7 | 3,2 | 46,4 | 4,3 |
1 Frå og med 1. mai 2011 er satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar regulerte i samsvar med lønnsauken og deretter justerte for effekten av levealdersjusteringa, medan minstepensjon for uførepensjonistar er regulert i samsvar med grunnbeløpet (lønnsauken).
2 Til og med 2010 var minstepensjonane for uføre- og alderspensjonistar like.
3 Gjennomsnittleg pensjon er rekna ut frå rekneskapen.
4 For tilsette i konflikt i 2014 kom lønnstillegga seinare på året enn for tilsette som ikkje var i konflikt. Dette trakk årslønsvekstanslaget i 2014 ned med 0,2 prosentpoeng i heile kommunesektoren.
Kjelde: Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera NOU 2015: 6 og Arbeids- og velferdsdirektoratet
Pensjonane for dei einslege minstepensjonistane har auka meir enn grunnbeløpet av di særtillegget ordinær sats vart auka frå 79,33 prosent til 94 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2008, til 97 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2009 og til 100 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2010. Den siste endringa fekk heilårsverknad i 2011.
For ektepar og sambuarar med minstepensjon var auken sterkare enn i grunnbeløpet i åra 2003–2006 og 2008–2010 både som følgje av auken i særtillegget og av di grunnpensjonen for ektepar og sambuande vart trappa opp i åra 2003–2005. Grunnpensjonen auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005. Den siste endringa fekk heilårsverknad i 2006.
Gjennomsnittleg pensjon har dei siste åra også auka med meir enn grunnbeløpet, og med meir enn auken i særtillegget og i grunnpensjonen for ektepar og sambuarar skulle tilseie. Dette kjem av at pensjonistane i aukande grad har tent opp tilleggspensjon.
Auken i grunnbeløpet i perioden 2005–2014 er 45,5 prosent, medan veksten for lønnstakarar i alt var 46,3 prosent. Årsaka til skilnaden er mellom anna at partane i trygdeoppgjeret i 2008 vart samde om ei fordeling innanfor den økonomiske ramma der ein nytta noko av midlane til å auke særtillegget. Den historiske utviklinga av pensjonane med vidare går fram av tabellane i vedlegget til proposisjonen. Tabell 1.2 viser utviklinga i minstepensjonane til alderspensjonistar, uføretrygda og unge uføre frå 1. mai 1992 til 30. april 2016, medan tabell 1.3 viser utviklinga av minstepensjonane frå 1970 til 2014 både i nominell og reell verdi. Det går fram at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst. Dette heng saman med at satsane for særtillegget er trappa opp gjennom åra, seinast i åra 2008–2010.