2 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 1. mai 2016 mv.
2.1 Lønsforhandlingane mv. per 1. mai 2016
Forhandlingane
Forhandlingane mellom staten v/Kommunal- og moderniseringsdepartementet og hovudsamanslutningane for tenestemenn, LO Stat, Akademikerne, Unio og YS Stat, om ny hovudtariffavtale i staten for perioden 1. mai 2016 til 30. april 2018, blei innleia 12. april 2016. I møtet la organisasjonane og staten fram og grunngav krava sine. Partane sin rapport frå Statistikk- og berekningsutvalet blei òg lagt fram.
Forhandlingane med Akademikerne heldt fram til 30. april 2016 då Akademikerne aksepterte kravet/tilbodet frå staten. Avtala med Akademikerne følgjer som vedlegg 1, og blir nærare omtalt under pkt. 2.2.
Forhandlingane med LO Stat, Unio og YS Stat heldt fram til 1. mai. LO Stat kravde forhandlingane avslutta på bakgrunn av staten sine krav/tilbod i møte 1. mai kl. 00.50. Unio og YS Stat kravde forhandlingane avslutta i møte 1. mai kl. 03.00. Det blei såleis konstatert brot i forhandlingane med tre av hovudsamanslutningane. Riksmeklaren blei varsla om brotet same dag i samsvar med tenestetvistlova § 14.
Meklinga mellom staten på den eine sida og LO Stat, Unio og YS Stat på den andre, blei opna i møte hos Riksmeklaren 4. mai. Meklinga heldt fram i møte til 26. mai der Riksmeklaren la fram forslag til ny hovudtariffavtale mellom staten og dei tre hovudsamanslutningane. Riksmeklaren sitt forslag blei same dagen akseptert av staten. LO Stat, Unio og YS Stat orienterte om at dei tilrådde meklingsresultatet og ville sende det ut til avrøysting. Svarfristen for avrøystinga er sett til 21. juni 2016.
Riksmeklaren sitt forslag følgjer i møtebok av 26. mai 2016, jf. vedlegg 2 med undervedlegg. Hovudtrekka i forslaget blir nærare omtalt under punkt 2.2.
Den økonomiske ramma
Både avtala med Akademikerne og Riksmeklaren sitt forslag har ei ramme som inneber ei årslønsauke på 2,4 pst for første avtaleår. Ramma er i tråd med oppgjeret i Industrioverenskomsten mellom Norsk Industri og Fellesforbundet, òg omtalt som frontfaget. Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2016, er for tidsrommet 1. mai–31. desember 2016 rekna ut til 1,912 mrd. kroner.
Kompetanseutvikling
Til saman i avtala med Akademikerne og i Riksmeklaren sitt forslag blir det avsett 35 mill. kroner til kompetanseutvikling, ordninga med dei tilsette sin rett til å vera med på avgjerder i verksemda, og omstillingsarbeid for heile tariffperioden, 1. mai 2016–30. april 2018.
Avsettinga skal i hovudsak nyttast til å styrkje organisasjons- og leiarutviklinga i verksemdene for å auke involveringa av medarbeidarar og tillitsvalde, mellom anna gjennom å auke forståinga av lov og avtaleverk og samarbeidskompetansen. Midlane skal òg nyttast til oppfølging av avtala om eit inkluderande arbeidsliv, arbeid for å hindre utstøyting frå arbeidslivet og oppfølging av målet om fleire lærlingar i staten. Av avsettinga skal 6 mill. kroner nyttast til felles opplærings- og utviklingstiltak for leiinga og tillitsvalde i ordninga med dei tilsette sin rett til å vera med på avgjerder i verksemda, og 4 mill. kroner til omstillingsarbeid i staten.
Forhandlingsstader
Med heimel i hovudtariffavtalen avgjer staten etter drøftingar med hovudsamanslutningane kor lokale forhandlingar i departementsområda skal førast. Forhandlingsstadene for tariffperioden 2016–2018 blir drøfta og fastsett med verknad frå 1. mai 2016 (jf. vedlegg 1). Forhandlingsstadene er dei same både i vedlegget til avtala med Akademikerne og i vedlegget til forslaget frå Riksmeklaren.
2.2 Nærare om avtala med Akademikerne og Riksmeklaren sitt forslag
Økonomisk profil i avtala med Akademikerne
Med verknad frå 1. mai 2016 er det gitt eit likt prosenttillegg på lønstabellen tilsvarande 0,5 prosent. Med verknad frå 1. juli 2016 skal det førast lokale forhandlingar innafor ei økonomisk ramme på 2,3 pst. per dato av lønsmassen. Akademikerne vil gjennom avtala få eigen lønstabell.
Økonomisk profil i Riksmeklaren sitt forslag
Med verknad frå 1. mai 2016 er det gitt eit likt prosenttillegg på lønstabellen tilsvarande 1,15 prosent. Med verknad frå 1. juli 2016 skal det førast lokale forhandlingar innafor ei økonomisk ramme på 1,5 pst. per dato av lønsmassen. LO Stat, Unio og YS Stat vil gjennom Riksmeklaren sitt forslag få ein felles lønstabell som er annleis enn lønstabellen til Akademikerne.
Løns- og arbeidsvilkår elles i hovudtariffavtala blir i hovudsak vidareført, og fellesføresegn og sosiale føresegn er like i avtala med Akademikerne og i Riksmeklaren sitt forslag.
Anna
For staten har det vore viktig å kome i gang med arbeidet med å modernisere løns- og forhandlingssystemet i oppgjeret i år. Staten har lagt stor vekt på å kome fram til løysingar som gjer hovudtariffavtala meir fleksibel og gir dei lokale partane større handlefridom. Både avtala med Akademikerne og Riksmeklaren sitt forslag inneber mellom anna at partane på dei einskilde verksemdene får råderett over heile avsettinga til lokale forhandlingar. Partane kan såleis sjølve avtale målretta tiltak for heile verksemda, men det er òg høve til å delegere fordelinga av avsettinga heilt eller delvis til forhandlingar mellom partar på driftseining. Partane på verksemda har dessutan fått eit større ansvar for å løyse tvistar mellom partar på driftseining.
Vidare er det både i avtala med Akademikerne og i Riksmeklaren sitt forslag fastsett kvart sitt mandat for å vidareutvikle løns- og forhandlingssystemet fram mot mellomoppgjeret 2017. Det er ikkje store skilnader mellom dei to mandata. I mandatet i avtala med Akademikerne er lokal lønsfordeling gitt noko større merksemd, mens det i mandatet i Riksmeklaren sitt forslag òg er merksemd om sentral fordeling av den disponible økonomiske ramma.
2.3 Lønsregulering mv. for de embets- og tenestemenn som ikkje blir dekte av hovudtariffavtala.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet føreset at lønsreguleringa frå 1. mai 2016 mv. blir gjort gjeldande for alle embets- og tenestemenn, også dei som ikkje blir dekte av hovudtariffavtalene.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet ber difor om fullmakt til å gjere avtalene gjeldande for arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett, og som difor ikkje direkte blir omfatta av dei avtaler som er inngått.
Staten har tidlegare inngått fire likelydande hovudtariffavtaler med hovudsamanslutningane, og same hovudtariffavtale har difor blitt gjort gjeldande for dei uorganiserte. I årets oppgjør har ein inngått to ulikelydande tariffavtaler. Dei sosiale føresegnene er like i begge avtalene, men dei er ulike når det gjeld føresegnene om fordelinga av løn. Staten må difor avgjere kven av dei to hovudtariffavtalene som skal gjerast gjeldande for arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet har her vurdert to alternativ. Det eine er å la dei uorganiserte følje den tariffavtala som dekker flest årsverk i den einskilde verksemda. Ei slik løysing føreset at arbeidsgjevar lokalt skaffar seg informasjon om kven av dei tilsette som er uorganisert. Det andre er å la dei uorganiserte følje den tariffavtala som dekker flest årsverk totalt i staten. Også denne løysinga vil indirekte kunne gje lokal arbeidsgjevar opplysningar om kven som ikkje er organiserte, men det vil kanskje ikkje vere like påkravd at lokal arbeidsgjevar har slike opplysningar. Å la dei uorganiserte følje den tariffavtala som dekker flest årsverk totalt i staten, vil likevel truleg gi likare løns- og arbeidsvilkår for dei uorganiserte enn å følje den tariffavtala som dekker flest årsverk i den einskilde verksemda.
Kommunal- og moderniseringsdepartementet tilrår at tariffavtalene mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat blir gjort gjeldande for dei uorganiserte arbeidstakarane i staten. Bakgrunnen er at desse tariffavtalene dekker flest av dei tilsette i staten.