3 Endringar på statsbudsjettet for 2016
Kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet
Post 01 Driftsutgifter
Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet per 1. mai 2016, er for tidsrommet 1. mai – 31. desember 2016 rekna ut til 1,912 mrd. kroner. Løyvingsanslaget byggjer på lønsmassen i det statlege tariffområdet per 1. oktober 2015.
Overslaget omfattar alle tilsette som går inn under hovudtariffavtalane i staten. Meirutgifter som følgje av auka satsar for overtid og arbeidsgivaravgift er medrekna.
Meirutgifter i samband med lønsreguleringane for forvaltningsorgan med særskilde fullmakter og forvaltningsbedrifter blir dekte innafor budsjetta til verksemdene.
Verksemder med arbeidstakarar som får løn administrativt fastsett i kontrakt, må sjølve dekke meirutgifta av lønsregulering innafor eksisterande budsjett.
Etter fråtrekk av det ovanfor nemnde er meirutgiftene rekna til 1,434 mrd. kroner. Etter vanleg praksis blir slike meirutgifter dekte ved at det blir ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, som Finansdepartementet får fullmakt til å fordele.
Kap. 0502 Lønsoppgjeret i staten – tariffavtalte avsettingar
Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under kap. 0502, post 70
For perioden 1. mai 2016–30. april 2018 blir det avsett til saman 2 mill. kroner til kompetanseutvikling. Avsettinga skal i hovudsak gå til felles tiltak i regi av dei sentrale partane. Det blir foreslått løyvd 1 mill. kroner av avsettinga i 2016. Dei resterande 1 mill. kroner vil bli foreslått løyvd på statsbudsjettet for 2017. Det blir foreslått at stikkordet «kan nyttast under» blir lagt til kap. 0502, post 21 og post 70.
Post 70 Tilskot til kompetanseutvikling mv., kan overførast, kan nyttast under kap. 0502, post 21
For perioden 1. mai 2016–30. april 2018 blir det avsett til saman 33 mill. kroner til kompetanseutvikling. Avsettinga skal i hovudsak gå til å styrke verksemdene si kompetanseutvikling. Det blir foreslått løyvd 16,5 mill. kroner av avsettinga i 2016. Dei resterande 16,5 mill. kroner vil bli foreslått løyvd på statsbudsjettet for 2017. Det blir foreslått at stikkordet «kan nyttast under» blir lagt til i kap. 0502, post 21 og post 70.
Post 71 Tilskot til midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde (OU-midlar)
Departementet foreslår at tilskotet blir auka med om lag 6,6 mill. kroner. Summen er rekna ut med bakgrunn i talet på årsverk og lønsmasse i statleg tariffområde per 1. oktober 2015. Bidraget frå arbeidstakarane vert auka med kr 100 til kr 400.
Kap. 2309 Tilfeldige utgifter
Post 01 Driftsutgifter
Det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil bli redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2016 til hausten.