Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2016 under Finansdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet (Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2016 mv.)
I
I statsbudsjettet for 2016 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
2315 | 01 | Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet Driftsutgifter, løyvd med | 1 434 000 000 |
0502 | 21 | Lønsoppgjeret i staten, tariffavtalte avsettingar. Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under kap. 0502, post 70, løyvd med | 1 000 000 |
70 | Tilskot til kompetanseutvikling mv., kan overførast, kan nyttast under kap. 0502, post 21, løyvd med | 16 500 000 | |
71 | Tilskot til midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde (OU-midlar), auka med | 6 600 000 | |
frå kr 174 400 000 til kr 181 000 000 |
II
Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2016 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av Akademikerne i samsvar med forhandlingsforslaget i protokoll av 1. mai 2016.
III
Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2016 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Unio og Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Stat i samsvar med Riksmeklaren si møtebok av 26. mai 2016.
IV
For embets- og tenestemenn som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romartal II og III, og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsett i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romartal III gjelde. Embets- og tenestemenn som er tekne ut av hovudtariffavtalene får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.
V
Stortinget samtykkjer i at Kongen på vegne av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2016 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med lov om offentlege tenestetvistar av 18. juli 1958 § 31, andre ledd.
VI
Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, på dei av departementet sine postar som har lønsløyving.