Prop. 14 S (2017–2018)

Endringar i statsbudsjettet 2017 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

2 Endringar i statsbudsjettet 2017

Kap. 1800 Olje- og energidepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 72

Olje- og energidepartementet betaler årleg 100 000 USD til Massachusetts Institute of Technology (MIT) for deltaking i MITs Joint Program on the Science and Policy of Global Change. Dette er eit forskingsprogram som har eit tverrfagleg perspektiv på korleis løyse globale klimaproblem. Utgiftene er tilskot og er belasta kap. 1800, post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.

På denne bakgrunnen blir det foreslått å flytte 0,8 mill. kroner til kap. 1800, post 70. Nytt forslag til løyving under kap. 1800, post 21 er om lag 25,6 mill. kroner.

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar mv.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 0,8 mill. kroner, til 2,8 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1800, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Kap. 1810 Oljedirektoratet

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Utgifter til Oljedirektoratets samarbeidsavtale med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) om rådgiving innanfor petroleumsforvaltning for utviklingsland er anslått å bli 6 mill. kroner lågare enn anslått i gjeldande løyving. Reduksjonen har samanheng med forseinka start av nye program i Kenya, Myanmar og Tanzania.

På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 6 mill. kroner, til 111 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande reduksjon under kap. 4810, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Kap. 1811 Statoil ASA

Post 96 Aksjar

Statoil ASA har innført eit utbytteaksjeprogram som gir aksjeeigarar i Statoil eit val mellom å ta imot utbytte heilt eller delvis i form av kontantar eller nye aksjar i selskapet til rabattert pris. Ein viser til Prop. 84 S (2015–2016) Deltakelse i utbytteaksjeprogram og kapitalforhøyelse i Statoil ASA, for nærare informasjon om programmet og Stortingets behandling av denne, jf. Innst. 260 S (2015–2016). Programmet skal vare fram til og med utbetalinga av utbytte for tredje kvartal 2017 som vil skje i 2018. Staten deltar i programmet under føresetnad av at eigardelen skal vere konstant på 67 prosent gjennom heile programmet. Dette skjer ved at staten teiknar seg for det talet aksjar som dei andre aksjonærane har valt i sum. Staten vil motta utbytte frå Statoil i form av kontantar og nye utferda aksjar så lenge programmet varer. Dette inneber at statens kontantutbytte vil bli redusert i perioden då utbytteaksjeprogrammet pågår. Talet aksjar som staten har i Statoil vil auke sjølv om eigardelen blir halden konstant.

Utbytte frå Statoil blir betalt om lag fire månader etter at selskapet annonserer utbyttet i samband med at rekneskapstala for kvartalet blir gjort kjende. Dette inneber at utbyttet frå tredje og fjerde kvartal 2016 og første og andre kvartal 2017 blir betalt i 2017. Staten har motteke utbytte for tredje og fjerde kvartal 2016 og første kvartal 2017.

Tabell 2.1 Fordeling av kontantutbytte og utbytteaksjar til staten

3. kvartal 2016

4. kvartal 2016

1. kvartal 2017

Kontantutbytte per aksje i USD

0,2201

0,2201

0,2201

Samla utbytte til staten i NOK

3 997 018 220

4 111 051 913

3 852 485 032

Kontantutbytte til staten i NOK

2 018 193 446

2 209 612 960

2 072 112 008

Tal aksjar

14 409 268

13 582 677

12 616 022

Pris per aksje, teikningskurs

137,33

139,99

141,12

Auka aksjekapital, bokført verdi (NOK)

1 978 824 774

1 901 438 953

1 780 373 025

Utbyttet for andre kvartal 2017 er venta innbetalt i midten av desember 2017. For budsjettformål er det lagt til grunn same beløp og fordeling mellom kontantutbytte og utbytteaksjar for andre kvartal 2017 som for første kvartal 2017. Rekneskapsført beløp under denne posten vil avvike frå dette budsjettekniske estimatet og vil vere det same som blir inntektsført under kap. 4811, post 96 Utbytteaksjar.

Det blir foreslått løyvd 7 441 mill. kroner i utbytteaksjar i 2017, ein auke på 1 034 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande forslag til løyving under kap. 4811, post 96 Utbytteaksjar.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 45, 60 og 72

Store nedbørsmengder i slutten av juli førte til store lokale overfløymingar, endringar i elve- og bekkelaup og jord- og flaumskred i Sogn og Fjordane. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har sett i gang krisetiltak som er anslått til 10 mill. kroner i kommunane Stryn og Gloppen. Krisetiltaka omfattar oppreinsking og å avverje akutt fare for ytterlegare skadar. I Stryn kommune vil det også vere behov for å følje opp med permanente tiltak. NVE vurderer at dette bør gjennomførast som hastetiltak i 2018. Det er usikkerheit knytt til dei estimerte kostnadene for hastetiltak då planlegginga er i ein tidleg fase.

I september og oktober førte store nedbørsmengder også til store lokale overfløymingar, endringar i elve- og bekkelaup og jord- og flaumskred i fire fylke på Sørlandet. NVE har sett i gang krisetiltak for oppreinsking og for å avverje akutt fare for ytterlegare skadar. NVE har også sett i gang arbeid med kommunane for å undersøke og finne fram til aktuelle tiltak. NVE må bruke noko meir tid på å få oversikt over behov for hastetiltak og meir permanente sikringstiltak på Sørlandet. Behovet i 2017 til førebelse tiltak og utgreiingar av tiltak på Sørlandet er anslått til 15 mill. kroner.

På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med 25 mill. kroner, til om lag 318 mill. kroner i 2017.

Post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, kan overførast

Utgifter til internasjonale rådgivingsoppdrag, mellom anna med Direktoratet for utviklingssamarbeid (Norad) om bistand innan vassdrags- og energisektoren, blir anslått å bli 10 mill. kroner lågare enn gjeldande løyving. Reduksjonen har samanheng med forseinka start i nye program i Tanzania, Mosambik, Georgia og Ukraina.

På denne bakgrunnen blir det foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til 80 mill. kroner. Ein viser til tilsvarande reduksjon under kap. 4820, post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Kap. 1825 Energiomlegging, energi- og klimateknologi

Post 50 Overføring til Energifondet

Inntekter frå påslaget på nettariffen til Energifondet er nå anslått til 660 mill. kroner i 2017, ein auke på 30 mill. kroner frå gjeldande løyving. Overføringane til Energifondet blir auka tilsvarande.

Avkastinga av fondskapitalen i Fond for klima, fornybar energi og energiomlegging vart på om lag 1 866 mill. kroner i 2016, som er om lag 5 mill. kroner meir enn gjeldande løyving på kap. 4825, post 85.

På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke løyvinga med totalt 35 mill. kroner, til 2 621 mill. kroner. Ein visar til tilsvarande samla auke under kap. 4825, post 85 Fondsavkasting og kap. 5582, post 72 Påslag på nettariffen til Energifondet.

Kap. 1830 Forsking og næringsutvikling

Post 70 Internasjonale samarbeids- og utviklingstiltak, kan overførast

Olje- og energidepartementet har utbetalt tilskot til Nordisk energiforsking og EUs rammeprogram for konkurranseevne og innovasjon (CIP).

Ovannemnte inneber at løyvinga for 2017 kan reduserast med 3,3 mill. kroner, til 14 mill. kroner.

Kap. 1840 CO2-handtering

Post 71 Tilskot til Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad

Ny avtaleperiode for Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad vart starta opp 18. august 2017. Drifta av teknologisenteret vart samtidig overført til eit nytt selskap TCM Operations DA, som skal stå for drifta av testanlegga, der statens eigardel er 77,5 prosent. Samtidig vart anlegga overdratt til TCM Asset AS, eit dotterselskap av Gassnova SF, som står som eigar av anlegga ved teknologisenteret og betaler kommunal eigedomsskatt.

Reduksjonen under posten skuldast reduserte låneutgifter (avdrag og renter), jf. reduksjon under kap. 4840. Vidare er det i 2017 gjennomført ei avrekning og tilbakeføring av for mykje betalte driftsutgifter for tidlegare periodar. Meirverdiavgifta er redusert som følge av endra organisering i ny avtaleperiode (ikkje meirverdiavgift knytt til eigedomsskatt).

Avviklingsrekneskapen for TCM DA 2009 er ikkje ferdigstilt, og det er såleis noko uvisse knytt til endeleg sluttoppgjer. Oppgjeret vil skje i to omgangar. Foreløpig anslag viser at staten har til gode om lag 18 mill. kroner som omfattar avrekning av driftsutgifter og renter for heile utbyggings- og driftsperioden som vil bli tilbakeført i 2017 som eit a konto-beløp. Endeleg oppgjer inkludert avrekning for 2017 vil skje når rekneskapen er avslutta og revidert mot slutten av året. Vidare vil TCM DA 2009 tilbakeføre ubrukte investeringsmidlar som vil bli overførte til TCM Operation DA for å dekke modifikasjonar ved TCM som vil bli gjennomførte i 2017 av det nye selskapet.

Nytt samla anslag for 2017 viser ein reduksjon på 93 mill. kroner frå gjeldande løyving, til 524 mill. kroner.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Tabell 2.2 Endring av løyvingar på statsbudsjettet 2017 under kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (i mill. kroner)

Kap./post/ underpost

Nemning

Gjeldande løyving 20171

Forslag til ny løyving for 2017

Endring

Kap. 2440

30

Investeringar

27 000

27 000

-

Sum kap. 2440

27 000

27 000

-

Kap. 5440

24.1

Driftsinntekter

139 800

141 700

1 900

24.2

Driftsutgifter

-26 800

- 26 300

500

24.3

Leite- og feltutviklingsutgifter

-1 500

- 1 300

200

24.4

Avskrivingar

-23 500

-23 500

-

24.5

Renter av statens kapital

-3 700

-3 700

-

24

Driftsresultat

84 300

86 900

2 600

30

Avskrivingar

23 500

23 500

-

80

Renter av statens kapital

3 700

3 700

-

Sum kap. 5440

111 500

114 100

2 600

Kontantstraum til SDØE:

Innbetalingar2

139 800

141 700

1 900

Utbetalingar3

55 300

54 600

-700

Netto kontantstraum frå SDØE

84 500

87 100

2 600

1 Gjeldande løyving for 2017 er basert på Stortingets løyvingsvedtak av 14. desember 2016 og seinare endringar i 2017 (revidert budsjett), jf. Prop. 129 S (2016–2017) og Innst. 401 S (2016–2017)

2 Innbetalingar = driftsinntekter

3 Utbetalingar = investeringar + driftsutgifter + leite- og feltutviklingskostnader

Anslaget under kap. 5440, underpost 24.1 Driftsinntekter er auka med 1 900 mill. kroner, til 141 700 mill. kroner. Auken er knytt til auka anslag for gassproduksjon og høgare prisføresetnad for gass. Dette blir motverka av lågare prisføresetnad for olje. Overslaget baserer seg på ein oljepris for 2017 på 429 kroner per fat samanlikna med 444 kroner per fat i revidert budsjett 2017.

Overslaget under kap. 5440, underpost 24.2 Driftsutgifter er redusert med 500 mill. kroner, til 26 300 mill. kroner, som følgje av reduserte kostnader knytte til å drive felta i porteføljen.

Overslaget under kap. 5440, underpost 24.3 Leite- og feltutviklingskostnader er redusert med 200 mill. kroner, til 1 300 mill. kroner, som følgje av endra leiteplanar.

Endringar i underpostar omtala ovanfor fører til at det berekna driftsresultatet for SDØE er auka med 2 600 mill. kroner, frå 84 300 mill. kroner til 86 900 mill. kroner.

Overslaget for netto kontantstraum frå SDØE er auka frå 84 500 mill. kroner til 87 100 mill. kroner, ein auke på 2 600 mill. kroner frå gjeldande løyving 2017.

Kap. 2490 NVE Anlegg

Post 24 Driftsresultat

Tabell 2.3 Endring av løyvingar på statsbudsjettet 2017 under kap. 2490 NVE Anlegg (i 1 000 kr)

Kap./post/ underpost

Nemning

Gjeldande

overslag

Nytt

overslag

Endring

2490

24.1

Driftsinntekter

-80 000

-115 000

-35 000

24.2

Driftsutgifter

75 200

110 300

35 100

24.3

Avskrivingar

4 500

4 500

-

24.4

Renter av statens kapital

300

200

-100

24.5

Investeringsformål

0

0

-

24.6

Reguleringsfond

-13 000

-13 000

-

24

Driftsresultat

-13 000

-13 000

0

Anslaget for driftsinntekter er auka med 35 mill. kroner, til 115 mill. kroner i 2017. Auken skuldast høgare omsetning som følge av auka oppdragsmengde, i hovudsak i regionene Vest og Midt.

Anslaget for driftsutgifter er auka med 35,1 mill. kroner, til 110,3 mill. kroner. Auken heng saman med den auka aktiviteten i regionane Vest og Midt.

Inntektsanslaget for renter er redusert som følge av lågare rentesats og at NVE ikkje belastar renter på ein del leigde anleggsmaskiner.

Ovannemnde endringar medfører inga endring i NVE Anlegg sitt driftsresultat.

Kap. 4810 Oljedirektoratet

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 6 mill. kroner, til om lag 111 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1810, post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Kap. 4811 Statoil ASA

Post 96 Utbytteaksjar

Den delen av utbytte som blir nytta til å utferde nye aksjar for staten er foreslått inntektsført under denne posten og utgiftsført under kap. 1811, post 96 Aksjar. For budsjettformål er lagt til grunn same beløp og fordeling mellom kontantutbytte og utbytteaksjar for andre kvartal 2017 som for første kvartal 2017.

Det blir foreslått løyvd 7 441 mill. kroner i utbytteaksjar i 2017, ein auke på 1 034 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande løyving under kap. 1811, post 96 Aksjar.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 02 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 10 mill. kroner, til om lag 80 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1820, post 23 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Post 40 Flaum- og skredførebygging

Inntekter frå kommunar for sikrings- og miljøtiltak som er gjennomførte i regi av NVE er berekna til 30 mill. kroner i 2017, ein auke på 11 mill. kroner. Auken skuldast blant anna auka løyving i samband med regjeringas sysselsetjingspakke og forseinka ferdigstilling og innbetalingar frå anlegg som vart starta i tidlegare år.

Kap. 4825 Energiomlegging, energi- og klimateknologi

Post 85 Fondsavkasting

Avkastninga av den samla fondskapitalen i Fond for klima, fornybar energi og energiomlegging vart på om lag om lag 5 mill. kroner høgare enn tidlegare føresett.

På denne bakgrunnen er det foreslått å auke løyvinga med 5 mill. kroner, til 1 866 mill. kroner. Auken er motsvara av ein tilsvarande auke under kap. 1825, post 50 Overføring til Energifondet.

Kap. 4840 CO2-handtering

Post 80 Renter, TCM DA

Utlån til TCM DA er nedbetalt. TCM DA har betalt 0,6 mill. kroner i renter til staten i 2017. På denne bakgrunnen er det foreslått å redusere løyvinga med 3,4 mill. kroner, til 0,6 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1840, post 71 Tilskot til Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad.

Post 86 Avdrag, TCM DA

Utlån til TCM DA er nedbetalt. TCM DA har betalt 303,6 mill. kroner i avdrag til staten i 2017. På denne bakgrunnen er det foreslått å redusere løyvinga med 26,4 mill. kroner, til 303,6 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1840, post 71 Tilskot til Teknologisenter for CO2-fangst på Mongstad.

Kap. 5582 Sektoravgifter under Olje- og energidepartementet

Post 72 Påslag på nettariffen til Energifondet

Inntekter frå påslaget på nettariffen til Energifondet er berekna til 660 mill. kroner i 2017, ein auke på 30 mill. kroner frå gjeldande løyving. Auken er motsvara av ein tilsvarande auke under kap. 1825, post 50 Overføring til Energifondet.

Kap. 5685 Aksjar i Statoil ASA

Post 85 Utbytte

Den delen av utbyttet som blir utbetalt i kontantar blir budsjettert og rekneskapsført i norske kroner under denne posten. For budsjettformål er det lagt til grunn eit kontantutbytte for andre kvartal 2017 tilsvarande utbetalinga for første kvartal 2017.

Det blir foreslått løyvd 8 372 mill. kroner i utbetalt kontantutbytte i 2017, ein reduksjon på 696 mill. kroner. Ein viser til nærare omtale under kap. 1811, post 96 Aksjar.

Til forsida