3 Fullskala CO2-handtering
Gassnova har inngått kontraktar om konseptstudiar og forprosjektering av CO2-fangst og -lagring. Tre industriaktørar, Norcem, Yara og Fortum Oslo varme har levert sine konseptstudiar. Vidare har Gassco fått gjennomført konseptstudiar av skipstransport av CO2. Gassnova og Gassco gjer no sine vurderingar av arbeida. Statoil gjennomfører konseptstudiar av CO2-lager saman med Total og Shell. Konseptstudiane av CO2-lager blir etter planen ferdigstilte sommaren 2018. Selskapa, Gassnova og Olje- og energidepartementet arbeider også med nyttesida av prosjektet.
Som varsla i Prop. 1 S (2017-2018) vil regjeringa komme tilbake til Stortinget med eit heilskapleg fremlegg om arbeidet med fullskala CO2-handtering i Noreg etter at resultata frå konseptstudiane for fangst er gjennomgått og kvalitetssikra, seinast i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2018.
Utgiftene til lagerdelen av prosjektet har blitt lågare enn tidlegare budsjettert for 2017 og utbetalingane er forskyvde i forhold til tidlegare planar. Det er òg noko lågare utgifter til konseptstudiar av skipstransport enn tidlegare budsjettert. Utgiftene til fangstdelen vil også i noko grad forskyvast frå 2017 til 2018 i forhold til tidlegare føresetnader. Gassnova er i dialog med selskapa om noko supplerande arbeid som underlag for det heilskaplege fremlegget som er varsla til Stortinget. Regjeringa vil her gi en vurdering av industriaktøranes bidrag og insentiv til kostnadsreduksjonar, statens samla kostnader og risiko samt potensialet for kostnadsreduksjonar og teknologispreiing til prosjekt internasjonalt.
Det er anslått at utbetalingsbehovet i 2017 vil bli betydeleg lågare enn tidlegare budsjettert. Det er anslått eit mindreforbruk på i storleiksorden 110 til 170 mill. kroner i forhold til gjeldande løyving. Det er understreka at anslaga er usikre. Usikkerheita skyldas mellom anna uavklart spørsmål om meirverdiavgift. Med bakgrunn i uvisse omkring betaling av meirverdiavgift og arbeidet med å etablere grunnlaget for det heilskaplege framlegget for Stortinget, er det lagt opp til å overføre heile mindreforbruket i 2017 til 2018. Overføringa av mindreforbruket i 2017 vil dekke inngåtte forpliktingar, eventuell meirverdiavgift og arbeid som pågår fram til det heilskaplege fremlegget er behandla av Stortinget.