5 Lovføresegner om erverv av grunn
5.1 Erverv av grunn etter reforma
Når Jernbaneverket ervervar eigedomar er føremålet å skaffe rettar til dei areala som er naudsynte for endring, bygging eller utviding av jernbaneanlegg. Erverva skjer i stort omfang og er somme tider særskilte i form av lange, smale trasear som kryssar fleire eigedoms- og kommunegrenser (stripeerverv).
Departementet har lagt til grunn at myndigheita til å treffe ekspropriasjonsvedtak til jernbaneføremål og vedtak om førehandstiltreding skal liggje hos direktoratet. Noverande heimlar i oreigningslova kan brukast av direktoratet. Infrastrukturføretaket vil i desse sakene måtte oppmode direktoratet om å treffe vedtak om ekspropriasjon og førehandstiltreding der det er naudsynt, og må leggje til rette for direktoratet sitt vedtak. Dei praktiske ordningane for ei effektiv sakshandsaming vil gå fram av avtale.
Departementet legg til grunn at infrastrukturføretaket, på lik linje med Jernbaneverket i dag, skal ha ansvaret for gjennomføringa av dei andre prosessane knytt til erverv av grunn.
I fleire av lovene som omhandlar arbeidet med erverv av grunn, nyt staten og andre offentlege styresmakter særordningar som sikrar ein meir effektiv og kostnadsrasjonell prosess. Departementet legg til grunn at infrastrukturføretaket vil vere eit sjølvstendig rettssubjekt i medhald av statsføretakslova § 3, og dermed ikkje utan vidare vil vere omfatta av desse lovreglane. Men dei ansvarlege departementa har i dei fleste høve heimel til å gi nærare føresegner om dette. Samferdselsdepartementet ynskjer i disse høva at infrastrukturføretaket blir sett i same stilling som Jernbaneverket i dag, sjå kapittel 6. Dette vil sikre effektive og rasjonelle prosessar for infrastrukturføretaket, på lik line med dei prosessane som Jernbaneverket har i dag.
5.2 Pantelova
Gjeldande rett
Pantelova § 1-11 fyrste ledd fyrste punktum går ut på at eigedom heftelagd med pant kan avhendast med mindre anna er avtalt med panthavar. Når eit panteobjekt skiftar eigar vil panthavar si sikkerheit framleis vere knytt til pantet. Utgangspunktet er difor at eigaren av panteobjektet har høve til å avhende det.
Skal eigaren av pantet avhende delar av panteobjektet må dette skje med samtykke frå panthavaren, med mindre det er tydeleg at slik avhending ikkje har innverknad på sikkerheita hans, jf. § 1-11 fyrste ledd annet punktum.
Av føresegna i § 1-11 fjerde ledd er det teke inn ein særregel for fast eigedom som vert erverva av stat, fylkeskommune eller kommune til veg- eller jernbaneføremål. Her heiter det at:
«Panterett i fast eiendom som erverves av stat, fylkeskommune eller kommune til veg- eller jernbaneformål, faller bort ved ervervet. Bestemmelsen i første ledd annet punktum gjelder tilsvarende også ved erverv av helt panteobjekt. Dersom gjenværende eiendom ikke gir full sikkerhet, skal vedkommende myndighet sørge for at panthaveren får sin del av kjøpesummen før eieren.»
Føresegna slår fast at panterett i fast eigedom fell bort dersom stat, fylkeskommune eller kommune skaffar den til veg- eller jernbaneføremål.
Etter fjerde ledd annet punktum jf. fyrste ledd annet punktum må det ligge føre samtykkje frå panthavar med mindre det er heilt tydeleg at ervervet ikkje har noka form for innverknad på sikkerheita hans. Bortfall av panteretten er likevel ikkje avhengig av slikt samtykke, men i mangel av samtykke vil det offentlege kunne bli erstatningsansvarleg ovanfor panthavar.
Fjerde ledd inneber såleis at dei nemnde styresmaktene slepp å ordne den formelle sida av forholdet til panthavarane. Kvart enkelt pantebrev treng altså ikkje kome inn til tinglysingsmyndigheita for formell sletting. Det er likevel viktig at den reelle sida av forholdet til panthavarane blir avklart på ein forsvarleg måte. Spørsmålet om panthavarane skal ha ein del av kjøpesummen må avklarast før den blir utbetalt til eigaren av pantet, jf. Ot.prp. nr. 48 (1980–81) s. 13.
Framlegget i høyringsnotatet
Infrastrukturføretaket sitt erverv av fast eigedom til veg- eller jernbaneføremål vil, etter ordlyden i fjerde ledd, ikkje medføre bortfall av panterettar ettersom infrastrukturføretaket ikkje er ein del av staten. Skal infrastrukturføretaket inngå avtalar om erverv av eigedom heftelagd med pant føreset det då eit formelt avkall på panteretten frå panthavar. Dette vil gjere prosessen med erverv av grunn, særleg ved stripeerverv, unødig meir tid- og arbeidskrevjande. At panterettar fell bort ved erverv til desse føremåla er eit viktig reiskap i arbeidet med erverv av grunn. Departementet meiner av den årsaka at føresegna bør endrast slik at panterettar òg fell bort ved erverv gjort av statsføretak til veg- eller jernbaneføremål.
Merknader i høyringa
Kommunal- og moderniseringsdepartementet anbefaler at det vert skrive klarare kva for eigedomar som er omfatta av dei særordningane som er foreslått for infrastrukturføretaket, då dei skal kunne eige eigedomar som ikkje berre skal nyttas til «jernbanegrunn».
Departementets vurdering
Samferdselsdepartementet ynskjer ikkje å utvide definisjonen av «veg og jernbaneformål» slik denne kjem til uttrykk i Ot.prp. nr. 48 (1980–81) kapittel 5.11. Dei føringane som går fram av kapittel 5.11 skal framleis gjelde. Føremålet med lovframlegget var å setje infrastrukturføretaket i same stilling som Jernbaneverket når det gjeld erverv av grunn. Det er difor ikkje naudsynt å utvide kva som fell inn under omgrepet «veg- og jernbaneformål» i pantelova § 1-11 fjerde ledd. Det same gjeld for dei andre lovframlegga om endring i tinglysingslova og matrikkellova.
5.3 Tinglysingslova
Gjeldande rett
Tinglysingslova § 38 b regulerer eigenfråsegn av eigedomsrett. Av fyrste ledd følgjer det at
«Matrikkelenhet ervervet til veg- eller jernbaneformål som eies av stat, fylkeskommune eller kommune, kan vedkommende myndighet få grunnbokshjemmel til som eier, når vedkommende myndighet erklærer å være eier. Dette gjelder tilsvarende når slik grunn er ervervet ved arealoverføring.»
Føresegna gir høve til å få tinglyst eigedomsrett ved eigenfråsegn med føresetnad om at dei andre vilkåra er oppfylte. Den aktuelle grunnen må vere ført inn i matrikkelen, anten frå før av eller stadfesta med melding etter matrikkellova § 24. Ordninga gjeld òg for offentleg veg- eller jernbanegrunn erverva ved arealoverføring.
Framlegget i høyringsnotatet
Infrastrukturføretaket vil ikkje vere ein del av staten, og vil heller ikkje vere omfatta av ordlyden i tinglysingslova § 38 b.
Utan høve til å fremje eigenerklæring vil infrastrukturføretaket vere nøydde til å nytte skøyte, eventuelt tinglyse eit rettskraftig ekspropriasjonsskjøn. Dette vil gjere prosessen med erverv av grunn, særleg ved stripeerverv, unødig meir tid- og arbeidskrevjande. Departementet vurderer det som viktig at infrastrukturføretaket får høve til å fremje eigenfråsegn om eigedomsrett på lik line med Jernbaneverket i dag. Dette er eit viktig reiskap i arbeidet med grunnkjøp. Departementet meiner av den årsaka at føresegna bør endrast slik at infrastrukturføretaket kan fremje eigenfråsegn om eigedomsrett ved erverv av eigedom til jernbaneføremål.
5.4 Matrikkellova
Gjeldande rett
Matrikkellova § 9 inneheld regler for kven som kan krevje matrikkelføring av ny matrikkeleining. Kravet må vere basert på utført oppmålingsforretning og fremjast av landmålarføretaket som har utført forretninga, jf. § 8. Av fyrste ledd bokstav f heiter det at når «grunnen er tileigna til offentleg veg eller jernbaneformål» kan staten, fylkeskommunen eller kommunen krevje matrikkelføring av ny grunneigedom. Matrikkelføring kan då krevjast sjølv om vedkomande verksemd ikkje har grunnboksheimel eller liknande grunnlag jf. føresegna sitt andre alternativ.
Matrikkellova § 17 listar opp dei som kan krevje matrikkelført oppmålingsforretning som berre klarlegg eksisterande grenser. Kravet må vere basert på fullført oppmålingsforretning og fremjast av landmålarføretaket som har utført forretninga, jf. § 8. Vedkomande som krev klarlegging avgjer òg i kva for ein grad rettsforhold skal avklarast. Av fyrste ledd bokstav b heiter det at staten, fylkeskommunar og kommunar kan «krevje klarlegging av eksisterande grensar utført som særskild forretning». Dette kan skje utan omsyn til om vedkomande si verksemd har grunnboksheimel som eigar eller festar.
Framlegget i høyringsnotatet
Infrastrukturføretaket vil etter ordlyden i § 9 bokstav f ikkje kunne krevje matrikkelføring. I mangel av anna grunnlag vil føretaket her måtte avtale matrikkelføring med grunneigar. Såkalla stripeerverv til jernbaneføremål vil ofte omfatte mange grunneigarar og i einskilde tilfelle involvere fleire kommunar. Å skulle inngå avtalar med alle grunneigarane i slike tilfelle vil kunne auke tids- og pengebruken ved grunnerverv. Departementet meiner av den årsaka at føresegna bør endrast slik at det nye infrastrukturføretaket kan krevje matrikkelføring etter § 9 bokstav f.
Jernbaneverket nyttar seg i dag av føresegna i § 17 til å klarleggje eigedomsgrenser for areal som skal bli erverva, kor kommunen sine matrikkeldata er utilstrekkeleg. Jernbaneverket får ved gjennomført oppmålingsforretning gjort det klart kven av grunneigarane dei skal vende seg til. Dette medfører ei forenkling og effektivisering av prosessen med erverv av grunn.
Infrastrukturføretaket vil etter ordlyden i føresegna ikkje kunne krevje slik klarlegging. Departementet vurderer det som viktig at infrastrukturføretaket får høve til å krevje oppmålingsforretning for å klarleggje eigedomsgrenser. Dette er eit viktig reiskap i arbeidet med grunnkjøp. Departementet meiner av den årsaka at føresegna bør endrast slik at det nye infrastrukturføretaket får høve til å krevje oppmålingsforretning for å klarleggje eigedomsgrenser etter § 17 i lova.
Merknader i høyringa
Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier seg einig i framlegget til endring av matrikkellova §§ 9 og 17, men gjer framlegg om ei presisering i § 17 annet ledd for å syte for at heimelen ikkje blir vidare enn det som er tiltenkt.
Jernbaneverket støtter dei framlagte endringane i lovene som omhandlar erverv av grunn, men meiner Samferdselsdepartementet bør vurdere å endre også matrikkellova § 24 fjerde ledd annet punktum slik at infrastrukturføretaket får moglegheit til å stadfeste eigedomsretten ved eigenfråsegn i saker som gjeld arealoverføring eller oppretting av ny matrikkeleining. Jernbaneverket kan ikkje sjå at departementet har fulgt opp ein tidlegare oppmoding om at føretaket gis tillating til å foreta førehandsundersøking i medhald av oreigningslova § 4. Infrastrukturføretaket vil ikkje kunne nytte matrikkellova § 41. Eit alternativ som nemnes er at Kongen ved forskrift kan fastsette at tillating til førehandsundersøking etter § 4 fyrste ledd tredje punktum til førebuing av ekspropriasjonsinngrep til jernbaneformål gis til føretaket eller direktoratet. For Statens vegvesen er det i dag slik at regionvegsjefen har fått delegert fullmakt til å fatte vedtak om førehandsundersøkingar etter oreigningslova § 4, jf. kongelig resolusjon av 15. desember 1972.
Departementets vurdering
Samferdselsdepartementet er samd med Kommunal- og moderniseringsdepartementet i at det bør vere høve til å regulere nærare i forskrift kven som kan krevje klarlegging av eksisterande grenser utført som særskilt forretning, jf. matrikkellova § 17. Departementet sluttar seg til Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt forslag om å endre matrikkellova § 17 annet ledd. Såleis kan føresegna verte avgrensa mot statsføretak som ikkje har same behov for lovheimelen som til dømes infrastrukturføretaket.
Samferdselsdepartementet er samd med Jernbaneverket i at matrikkellova § 24 fjerde ledd vert endra til også å omfatte statsføretak. Etter departementet si oppfatning er det føremålstenleg at føresegna i matrikkellova som omhandlar areal til offentleg veg og jernbane vert utforma på same vis, fordi også statsføretak vert gitt rettar og pliktar på same måte som statlege rettssubjekt som Jernbaneverket. Dette gjeld sjølv om føresegnene ikkje har like stor praktisk betyding for Jernbaneverket i dag. Desse lovføresegnene har gjerne ein samanheng med kvarandre. Departementet meiner det bør vere høve til å regulere nærare i forskrift kven som kan stadfeste eigedomsretten ved eigenfråsegn for grunn som skal brukast til offentleg veg eller jernbane, og foreslår difor å endre forskriftsheimelen i matrikkellova § 24 sjette ledd.
Samferdselsdepartementet er òg samd med Jernbaneverket i at infrastrukturføretaket bør ha heimel til å gjere førehandsundersøkingar. Departementet gjer difor framlegg om å endre matrikkellova § 41 fyrste ledd tredje punktum til også å omfatte statsføretak. Det er av praktisk betyding at infrastrukturføretaket vert gitt heimel til å setje i verk førehandsundersøkingar utan å måtte søkje om samtykke frå grunneigar eller løyve frå politimyndigheita etter oreigningslova § 4 eller kommunen etter plan- og bygningslova § 33-2. Departementet meiner det bør vere høve til å regulere nærare i forskrift kven som kan setje i verk måleoppgåver og liknande på offentleg og privat grunn, og foreslår difor å endre forskriftsheimelen i matrikkellova § 41 sjette ledd.
Departementet meiner den føreslegne endringa i matrikkellova § 41 inneber at det ikkje er naudsynt med delegering av mynde til å treffe vedtak om løyve til førehandsundersøkingar etter oreigningslova § 4, slik Jernbaneverket har foreslått.