2 Bakgrunn og gjeldande rett
2.1 Bakgrunn
Havenergilova gir styresmaktene eit rettsleg rammeverk for forvaltninga av dei fornybare energiressursane til havs og inneheld reglar om prosessen fram mot tildeling av konsesjon. Departementet ser no behov for å regulere nærare krav om prekvalifisering av aktørar og konkurranse om tildeling av mindre område, innanfor eit område som er opna for utvikling av fornybar energiproduksjon. Føremålet med lova er å legge til rette for utnytting av fornybare energiressursar til havs i samsvar med samfunnsmessige målsetjingar, og for at energianlegg blir planlagde, bygde og disponerte slik at omsynet til energiforsyning, miljøsikkerheit, næringsverksemd og andre interesser blir ivaretekne.
Prosjekt innan fornybar energi til havs må gi ei positiv samfunnsnytte på sikt for at det skal gis konsesjon. For at det skal kunne vere positiv samfunnsnytte må fordelane med tiltaket, som mellom anna inkluderer verdien av kraftproduksjonen, vere større enn ulempene for allmenne interesser.
Det er stor interesse for dei to områda Utsira Nord og Sørlige Nordsjø II, som er opna for konsesjonshandsaming. Regjeringa har ambisjon om å opne fleire område til havs for utvikling av fornybar energiproduksjon i framtida.
I høyringsnotatet frå 2019 om forslag til forskrift om fornybar energiproduksjon til havs og forslag til opning av område etter havenergilova, stod det at styresmaktene har behov for styring med alle som melder si interesse når det blir opna for å søke om konsesjon. Det kan til dømes vere fleire søkarar i same tidsrom eller i same og nærliggande område. Det er difor behov for å fastsette reglar for prekvalifisering og økonomisk og kvalitativ konkurranse for vurdering av kven som eventuelt skal ha rett til å utvikle prosjekt i eit gitt område.
I samband med at havenergiforskrifta vart fastsett ved kgl.res 12. juni 2020, var det også varsla behov for endringar i havenergilova. Dette er følgd opp med ei høyring 11. juni 2021, av rettleiar for arealtildeling, konsesjonsprosess og søknadar for vindkraft til havs, og forslag til endringar i havenergilova og havenergilovforskrifta. Høyringsinnspela blei oppsummerte i Meld. St. 11 (2021–2022) Tilleggsmelding til Meld. St. 36 (2020–2021) Energi til arbeid - langsiktig verdiskaping fra norske energiressurser, som blei lagt fram 8. april 2022.
I tilleggsmeldinga går det fram at regjeringa legg opp til at områda i Sørlige Nordsjø II skal tildelast gjennom auksjon, medan områda i Utsira Nord vil bli tildelt basert på kvalitative kriterium som legg til rette for innovasjon og teknologiutvikling. For å sikre ei rasjonell utbygging av nett til havs, vil Statnett få ei planleggingsrolle i tillegg til systemansvaret til havs. Det første prosjektet på Sørlige Nordsjø II skal forsyne fastlands-Noreg med kraft, medan nettløysning for det andre prosjektet vil avgjerast i etterkant av ei utgreiing av verknadar på kraftsystemet av ulike nettløysningar for vindkraft til havs. Regjeringa har starta arbeidet med å identifisere nye område for fornybar energiproduksjon til havs og vil legge til rette for gjentatte rundar med opning og tildeling av areal for ei langsiktig satsing på havvind framover. Omsynet til sameksistens med andre næringar til havs vil stå sentralt i dette arbeidet.
2.2 Gjeldande rett
Havenergilova kapittel 2 inneheld føresegn om planlegging og opning av areal med sikte på tildeling av konsesjon. I lova kapittel 3 er det føresegn om konsesjonar for produksjons- og nettanlegg, krav til konsesjonssøknad og om handsaminga av konsesjonssøknadar og detaljplan mv. Elles har lova føresegn om sakshandsaming ved konsekvensutgreiingar, reglar om tryggleik, nedlegging og oreigning. Vidare har lova føresegn om systemansvar og utførsel og innførsel av elektrisk energi samt føresegn om skadebot til fiskarar i Noreg og føresegn om kontroll og straff m.v.
Etter gjeldande rett inneheld ikkje havenergilova føresegn om korleis ein skal dele opp dei opna område inn i mindre område med sikte på utlysing av desse for konkurranse. Lova har heller ikkje reglar om korleis ein skal tildele areal til aktørane som vil utvikle fornybar energiproduksjon til havs dersom fleire er interesserte. Departementet foreslår difor føresegn om utlysing av område for produksjon av fornybar energi og om konkurranse mellom aktørane for å få ein rett til å utvikle eit prosjekt.
Havenergilova inneheld i dag heller ingen reglar om prekvalifisering av aktørar som ønsker å delta i ein konkurranse om tildeling av eit område. Departementet foreslår endringar om at dei aktørane som vil utvikle fornybar energiproduksjon til havs må ha teknisk kompetanse, finansiell styrke og oppfylle relevante krav til helse, miljø og sikkerheit for å kunne delta i ein konkurranse og få tildelt konsesjon.