5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Forslaget vil innebere ei tydeleg og meir detaljert regulering av prosessen for tildeling av areal og påfølgande konsesjon i område som er opna for fornybar energiproduksjon til havs. Det vil bidra til klarare og meir føreseielege reglar for aktørane som vil søke om konsesjon, og for andre som vil bli påverka og følger prosessen for tildeling av konsesjon. Forslaget gjer det mellom anna rettsleg klarare kva kriteria som kan bli sett for ei prekvalifisering. Forslaget gjer også heimel til å tildele områder gjennom auksjon eller på grunnlag av kvalitative kriteria.
Dersom eit område vert tildelt ved auksjon, vil staten få inntekter som reflekterer verdien av området som blir tildelt for fornybar energiproduksjon til havs. Dersom tildelinga skjer på ein annan måte enn ved auksjon, vil det vere opp til departementet å fastsette storleiken på vederlaget. Eit vederlag kan til dømes vere ei årleg arealavgift som skal gå til staten. Det er for tidleg å fastslå kor store kostnader dette kan medføre for aktøren som vert tildelt areal.
Lovforslaget vil føre med seg auka administrative kostnader i samband med utarbeiding av tildelingsmodell, utlysing og tildeling av areal. Dette er oppgåver som allereie ligg hos energistyresmaktene i dag. Kostnadene til sakshandsaming m.m. vert dekte innanfor energistyresmaktene sine budsjett.