Prop. 160 L (2015–2016)

Endringar i veglova (Vegtilsynet)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovframlegget

2.1 Bakgrunn

I Prop. 1 S (2010–2011) og Prop. 1 S (2011–2012) la Samferdselsdepartementet fram forslag om oppretting av eit statleg tilsyn med veginfrastruktur for offentleg veg. Føremålet med opprettinga av tilsynet var å betre tryggleiken ytterlegare for transport på offentleg veg i tråd med nullvisjonen og nasjonalt vedtekne mål. Tilsynsfunksjonen blei organisert som ei sjølvstendig eining direkte underlagt vegdirektøren med eit tydeleg organisatorisk skilje til Statens vegvesen si anna verksemd.

I arbeidet med Transportreforma blei organiseringa av Vegtilsynet vurdert, og i samband med Prop. 117 S (2014–2015) vart det beslutta at Vegtilsynet skal fristillast frå Statens vegvesen og opprettast som eit eige forvaltningsorgan under Samferdselsdepartementet. Føremålet med ei slik deling er å leggje til rette for eit meir uavhengig Vegtilsyn enn vi har i dag.

Det blei i Meld. St. 25 (2014–2015) «På rett vei», tilrådd å etablere eit utbyggingsselskap for veg, «Nye Veier AS». Selskapet er etter avtale med departementet gjeve ansvar for utbygging av utvalde vegstrekningar innanfor TEN-T-vegnettet (Trans European Transport Network). Selskapet har også ansvar for drift og vedlikehald av vegstrekningar det har bygd ut. Departementet la i Meld. St. 25 til grunn at «Vegtilsynet gjennomfører systemtilsyn overfor utbyggingsselskapet på tilsvarende måte som Vegtilsynet gjennomfører systemtilsyn overfor Statens vegvesen når det gjelder sikkerheit knyttet til veginfrastrukturen». Stortinget ga sin tilslutning til meldinga med grunnlag i Innst. 362 S (2014–2015) den 15. juni 2015, og selskapet blei etablert den 1. januar 2016.

Endringsforslaga i denne proposisjonen skal sikre at Vegtilsynet får naudsynt heimel til å føre effektivt tilsyn både med Statens vegvesen og utbyggingsselskapet for veg. Vegtilsynet vil med dette få myndigheit til å kontrollere og føre tilsyn med at Statens vegvesen og utbyggingsselskapet for veg har og bruker naudsynte og effektive styringssystem for å ivareta tryggleik knytt til riksveg etter veglova.

2.2 Alminneleg høyring

Samferdselsdepartementet sendte 4. mars 2016 ut eit høyringsnotat med framlegg til endringar i veglova for å følgje opp Regjeringas vedtak i Prop. 117 S (2014–2015) der Vegtilsynet skal fristillast frå Statens vegvesen.

Høyringa blei publisert på departementets heimeside www.sd.dep.no og sendt direkte til følgjande instansar:

  • Departementa

  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

  • Forbrukerrådet

  • Konkurransetilsynet

  • Politidirektoratet

  • Miljødirektoratet

  • Nye Veier AS

  • Regjeringsadvokatembetet

  • Sivilombudsmannen

  • Statens Havarikommisjon for Transport

  • Statens jernbanetilsyn

  • Statens vegvesen

  • Vegtilsynet

  • Fylkeskommunane

  • Fylkesmennene

  • Kongelig Norsk Automobilklub

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Norges Automobil-forbund

  • Norges Lastebileier-forbund

  • Norsk Motorcykkel Union

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Opplysningsrådet for Veitrafikken

  • Trygg Trafikk

Høyringsfristen var 19. april 2016. Departementet fekk 11 høyringssvar. Høyringsinstansane nedanfor har hatt realitetsmerknader til framlegget. Merknadene knyter seg i hovudsak til avgrensinga av verkeområde til riksveg, krav til styringssystem og bruk av administrative reaksjonar:

  • Havarikommisjonen

  • Statens vegvesen

  • Vegtilsynet

  • Kongelig Norsk Automobilklubb

  • Landsorganisasjonen i Norge

  • Norges Automobil-forbund

  • Norges Lastebileier-forbund

  • Norsk Motorcykkel Union

Følgjande instansar har ikkje hatt merknader til lovforslaget:

  • Arbeids- og sosialdepartementet

  • Barne- og likestillingsdepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet

  • Kulturdepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Landbruks- og matdepartementet

  • Nærings- og fiskeridepartementet

  • Olje- og energidepartementet

  • Utenriksdepartementet

  • Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap

  • Forbrukerrådet

  • Konkurransetilsynet

  • Miljødirektoratet

  • Nye Veier AS

  • Politidirektoratet

  • Regjeringsadvokatembetet

  • Statens Jernbanetilsyn

  • Sivilombudsmannen

  • Fylkesmennene

  • Fylkeskommunane

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Opplysningsrådet for Veitrafikken

Merknader til departementets framlegg vert drøfta tematisk i kapittel 3.

2.3 Generelle merknader frå høyringsinstansane

Norges Lastebileierforund støttar framlegget til endringar i veglova og meiner at det på ein god måte vil bidra til å etablere Vegtilsynet som eit sjølvstendig forvaltningsorgan direkte under Samferdselsdepartementet.

Landsorganisasjonen i Norge (LO) skriv at framlegget gjev Vegtilsynet eit tydeleg mandat og naudsynt handlingsrom som følgje av eit utvida tilsynsområde.

Norges Automobil- Forbund (NAF) meiner at framlegget er i tråd med deira tidlegare innspel om at Vegtilsynet skal vere ei sjølvstendig tilsyn med tilhørande sanksjonsmyndigheit. NAF er også positive til at utbyggingsselskapet for veg, Nye Veier AS, skal takast inn som eit tilsynssubjekt for Vegtilsynet.

Norsk Motorcykel Union (NMCU) skriv at praksis sidan 2012 har vist at Vegtilsynet har vore atskilleg meir uavhengig enn dei opphavleg frykta. I fleire tilsynsrapportar har Vegtilsynet påpeika avvik i sikkerheitssystema til Statens vegvesen på viktige område som planlegging, bygging, drift og vedlikehald, og komme med presise tilrådingar. Likevel ser dei positivt på framlegget, spesielt dersom det skal føres tilsyn med utbyggingsselskapet for veg. Dei kan ikkje sjå at dette leiar til store endringar i innretninga på Vegtilsynets oppgåveutføring, men at det mogelegvis vil krevje økte ressursar om dei skal føre tilsyn med to pliktsubjekt i staden for eitt.

Statens Havarikommisjon for Transport er positive til framlegget om ei fristilling av Vegtilsynet og at det leggjast til rette for dette i lovverket. Eit sjølvstendig Vegtilsyn vil kunne bidra til auka trafikktryggleik på same måte som dei sjølvstendige tilsyna i luftfart- og jernbanesektoren.

Statens vegvesen stiller seg positive til dei føreslåtte endringane, og støttar framlegget om at Vegtilsynet skal vere bygd opp som eit risikobasert systemtilsyn og såleis føre tilsyn på same måte som i dag. Vegvesenet finn at dette er ein formålstenleg innretning av tilsynet, med sikte på at tilsynet skal bidra til å effektivt betre tryggleik i veginfrastrukturen for transport på offentleg veg. Dei understrekar samstundes at dei like lojalt som i dag vil følgje opp tilrådingar frå Vegtilsynet etter at den nye organiseringa er på plass, uavhengig av om Vegtilsynet vil bli gitt myndigheit til å ta i bruk forvaltningsreaksjonar eller sanksjonar.

NAF, NMCU, Vegtilsynet, Statens vegvesen og Statens Havarikommisjon for transport ynskjer at Vegtilsynets verksemd utvidast til heile det offentlege vegnettet så snart det er mogeleg.

Statens Havarikommisjon for Transport oppgjer at dei gjennom sine undersøkingar erfarer at fylkeskommunane har ulik prioritering av det ansvaret dei har som vegeigarar og at også forståinga av dette varierer. Tilsyn med fylkeskommunane, og på sikt også kommunane som vegeiar, vil kunne påverke til mest mogeleg einskapleg og føreseielege vegforhold som bidrag til auka tryggleik i trafikken.

NMCU og Statens Havarikommisjon for transport ber departementet vurdere om dette er ei svært god anledning til å utvide Vegtilsynet til å bli eit «Vegtrafikktilsyn». Vegtilsynets verkeområde bør utvidast til trafikant- og kjøretøyområdet så raskt som mogeleg slik at det kan utøvast eit heilskapleg tilsyn med trafikktryggleik på vegane.

Til forsida