5 Merknader til dei enkelte føresegna i lovforslaget
Til kap. II A Tilsyn med riksveg
Departementet føreslår eit nytt kapittel II A der dei vesentlegaste av føresegnene for statleg tilsyn knytt til riksveg (Vegtilsynet) er regulert.
Dei nye føresegnene vil i sin heilhet gjelde tilsyn og plikt til å ha styringssystem mm.
Til § 11 a Vegtilsynet
Føresegna utpeikar Vegtilsynet som tilsynsmyndigheit for statleg tilsyn med riksveg. Vegtilsynet er ei sjølvstendig forvaltningseining direkte underlagt Samferdselsdepartementet. Eininga skal føre tilsyn med at pliktsubjekta har og brukar naudsynte og effektive styringssystem for å ivareta tryggleik knytt til riksveg. I dette ligg også at pliktsubjekta må ha styringssystem for å følgje opp sitt delansvar i arbeid med beredskap og samfunnstryggleik knytt til tryggleik i veginfrastrukturen.
Med «veg» meinast vegfundament og vegkropp, bru, tunnel, ferjekai med fundament både på sjø og land, støttemur, rekkverk, avkøyrslar, frisiktsonar, veglys, haldeplassar, terminalar, gang- og sykkelanlegg mm. Tilhøve langs, under og over vegen kan òg ha innverknad for sikkerheita på veg, til dømes sideterreng med risiko for snø-, jord- eller steinras, vassdrag og sjø med risiko for flom eller tidevatn, tilhøve i grunnen med risiko for utrasing og ulike byggverk eller anlegg over, under eller langs vegen. Pliktsubjekta sine styringssystem for å handtere tryggleik i veginfrastrukturen knytt til slike forhold er omfatta som tilsynsobjekt for Vegtilsynet. I dette ligg også at pliktsubjekta må ha styringssystem for å følgje opp sitt delansvar i arbeid med beredskap og samfunnstryggleik knytt til sikkerheit i veginfrastrukturen.
I uttrykket «tryggleik knytt til riksveg» ligg tryggleik for all transport på offentlig riksveg enten det skjer ved kjøretøy, sykkel, til fots eller ved hjelp av andre framkomstmiddel.
Som det går fram av punkt 3.1.2 og 3.1.4 faller fylkesveg, kommunal veg og private veger utanfor Vegtilsynets verkeområde.
Organiseringa og den nærmare reguleringa av Vegtilsynet skal vedtakast i ein eigen instruks for Vegtilsynet.
Til § 11 b Plikt til å ha og bruke styringssystem m.m
Første ledd heimlar plikt for Statens vegvesen og utbyggingsselskapet for veg til å ha og bruke «tilstrekkelege og effektive styringssystem for å sikre tryggleiken knytt til riksvegane». Styringssystem for planlegging, bygging, drift, vedlikehald, beredskap og annan forvaltning av veginfrastrukturen er omfatta av plikten.
Med «tilstrekkelege og effektive styringssystem» meinast system som er innretta slik at pliktsubjektet oppnår effekt i form av å ta vare på tryggleiken i veginfrastrukturen der den er god og synleggjer kor tryggleiken i veginfrastrukturen kan forbetrast. Det bør også synleggjere kor tiltak for å betre trafikktryggleiken gir best effekt.
I tillegg til å ha naudsynte styringssystem er pliktsubjekta pliktige til å implementere og bruke dei i organisasjonen som føresett. Pliktsubjekta skal arbeide systematisk for å ivareta tryggleiken og utarbeide prosedyrar for å dekke alle relevante forhold av tyding for tryggleiken. Det inneber mellom anna at verksemda må ha interne reglar og rutinar som sikrar at avvik og uønskte hendingar følgjes opp systematisk. Oppfølginga inneber at årsaker vert vurderte, tiltak vert gjennomført og effekten vert evaluert. Som på andre område i tryggleiksstyringa er det viktig at prosedyrane som vert etablert er tilpassa organisasjonen og kor komplisert og alvorleg problemstillinga er.
Styringssystemet skal dokumenterast og gjerast tilgjengeleg og kjent på ein føremålstenleg måte for alle med behov for slik tilgang. Styringssystemet må vere tilpassa arten og omfanget av den aktuelle verksemda og andre forhold ved denne. Styringssystemet skal vise korleis kontrollen er sikra frå den øvste leiing til dei ulike nivå i verksemda, samt korleis den kontinuerlige forbetringa av styringssystemet sikras.
Ettersom ein del arbeid vert utført av entreprenørar, konsulentar og andre leverandørar, er system som pliktsubjektet har for innkjøp og oppfølging av leverandørar ein del av pliktsubjektet sitt styringssystem. Det same gjeld pliktsubjekta sine styringssystem for å følgje opp skiltmyndigheit og for å samarbeide med andre aktørar som for eksempel plan- og bygningsmyndigheitene. Kompetanse og riktig bruk av denne er også ein del av pliktsubjektet sitt styringssystem, også at det i konkurransegrunnlag m.m. er stilt naudsynte krav til kompetanse hos leverandørar og at krava vert følgde opp av leverandøren.
Det blir opna for at departementet kan presisere i forskrift nærare krav til pliktsubjekta sine styringssystem.
Til § 11 c Opplysningsplikt
Den føreslåtte føresegna pålegg pliktsubjekta og deira leverandørar ei plikt til å utlevere dei opplysningane som Vegtilsynet finn å vere naudsynte for å utføre tilsynsarbeidet effektivt.
Denne føresegna gjeld berre i samband med Vegtilsynet si utføring av tilsynsoppgåva etter dette kapittel, ikkje andre oppgåver som blir utførte av Vegtilsynet.
Sjå ytterlegare merknader til føresegna under pkt. 3.3.
Til § 11 d Pålegg om retting
Av omsyn til effektiv, einsarta og likearta oppfølging av avvik vert det føreslått innført heimel for Vegtilsynet til å vedta pålegg om retting ved avvik. Dette er ei skjønnsmesseg vurdering som skal gjerast av Vegtilsynet, men departementet føreset at ein så langt det er mogeleg skal søkje å løyse oppfølging av avvik utan vedtak om pålegg.
Pålegg, slik nemninga er brukt her, går ut frå at det består eit ulovleg høve. Det må dermed avgrensast mot avgjerder Vegtilsynet treffer som førar til andre pliktar for parten enn opphør av ulovlege forhold.
Ved utferdigelsen av pålegg skal det settast frist for retting. Samstundes med vedtak om pålegg kan det fastsettast vedtak om trussel om tvangsmulkt.
Pålegg skal vedtakast som eit enkeltvedtak og handterast i tråd med krav til sakshandsaming i forvaltningslova og offentleglova.
Til § 11 e Tvangsmulkt
Føresegna heimlar Vegtilsynets bruk av tvangsmulkt og regulerer visse spørsmål knytt til vedtaking og ilegging av tvangsmulkt.
Første ledd slår fast at Vegtilsynet kan treffe vedtak om tvangsmulkt for å sikre at pliktar som følgjer av § 11 b eller individuell avgjerd blir etterlevd. Med «vedtak om tvangsmulkt» siktas til ei individuell avgjerd med trussel om plikt til å betale pengar til det offentlege for å sikre at plikter som følgjer av lov, forskrift eller individuell avgjerd, blir etterlevd. Sjølve avgjerda om trussel om tvangsmulkt må reknast som enkeltvedtak, jf. fvl. § 2 første ledd bokstav b) , jf. bokstav a), der bruk av særlege tvangsmidlar for å få gjennomført eit vedtak sjåast på som enkeltvedtak.
Vedtak om tvangsmulkt må utformast slik at det er mogeleg å unngå tvangsmulkta ved å etterleve den plikten (påbodet) som avgjerda om tvangsmulkt er knytt til. Det inneber til dømes at det ikkje må setjast ein så kort frist for etterleving av eit pålegg at det i utgangspunktet er umogeleg å overhalde. Om etterleving blir umogeleg, må vurderast ut frå den fristen for etterleving som er satt i vedtaket om tvangsmulkt. Det skal ikkje vere kurant å vise til vanskar med å oppfylle. På den anna side må ikkje terskelen for «umogeleg» praktiserast så strengt at tvangsmulkta inneber ein sanksjon mot lovbrot som allereie er gjort. Når føresetnaden inntreff, vil det utan vidare vere eit krav på betaling av mulkta. Forvaltinga skal ikkje utøve noko skjønn eller treffe nokon avgjerd for at kravet er stifta.
Tvangsmulkta kan fastsetjast som ein laupande mulkt eller som eit eingongsbeløp som forfall ved kvar overtredelse. Føresegna gir Vegtilsynet mogelegheit til å velje mellom de to hovudformene.
«Ilegging» inneber at Vegtilsynet tilkjennegir overfor den vedtaket er retta mot at mulkta skal betalast. Slik ilegging kan skje gjentekne gongar på grunnlag av eitt og same enkeltvedtak om tvangsmulkt, til dømes ved at eit påbod ikkje følgjast opp. Purring for manglande betaling av eit beløp som det allereie er sendt påkrav for, er ikkje ein ny ilegging.
Siste ledd bestemmer at ilegging av tvangsmulkt kan påklagast særskilt. Det er høve knytt til ilegginga som er gjenstand for klageretten. Med dette meinast dei høve forvaltinga må ta stilling til for å konstatere om føresetnadene for å vedta tvangsmulkta er oppfylt, og om dei tiltak som er pålagt er gjennomførte som fastsett i vedtaket om tvangsmulkt. Klageretten gjeld til dømes ikkje spørsmålet om det var hensiktsmessig å treffe vedtak om tvangsmulkt i første omgang, da dette kan klagast på i samband med at det ble treft vedtak om tvangsmulkt.
Departementet legg til grunn at det nærare vilkår for ilegging av tvangsmulkt blir overlate til regulering i forskrift med heimel i veglova.