2 Generelt om våpendirektivet og endringsdirektivet
Direktiv 91/477/EØF, våpendirektivet, gjeld for skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, slik dei vert definert i direktivet. Definisjonane er i hovudsak lik dei som er fastsett i FN sin våpenprotokoll (resolusjon 55/255). Våpendirektivet gjeld for sivil bruk og innehav av skytevåpen. Politiets og forsvarets bruk av våpen fell såleis utanom direktivet sitt verkeområde. Europakommisjonen har i medhald av våpendirektivet gjeve ein gjennomføringsforordning (2015/2403), som set ein felles teknisk standard for deaktivering av skytevåpen og som gjev reglar om kontroll, merking og dokumentasjon for at skytevåpen er deaktivert på lovleg måte.
I våpendirektivet er det gjeve minimumsreglar for medlemsstatane sin nasjonale våpenkontroll. Medlemsstatane kan i medhald av artikkel 3 fastsette strengare nasjonale reglar enn det som følgjer av våpendirektivet.
Endringsdirektiv (EU) 2017/853 utvider verkeområdet til direktivet og fastset ei rad med strengare krav til våpenkontroll, jf. nærare om dette i punkt 3.