3 Nærare om innhaldet i endringsdirektivet
Endringsdirektivet syner til dei aktuelle artiklane som endrast i våpendirektivet 91/477/EØF. Endringsdirektivet artikkel 1 og 2 fastset endringar i våpendirektivet sine definisjonar og verkeområde. Verkeområdet utvidast slik at det også regulerer våpensamlarar, våpenmeklarar og museum, deaktiverte skytevåpen, samt skytevåpen som er omgjort til berre å kunne skyte ammunisjon utan prosjektil (såkalla lausammunisjon, signalpatroner og liknande). I endringsdirektivet er det også gjeve nye definisjonar av sentrale omgrep samt gjort einskilde endringar i gjeldande definisjonar, som mellom anna skal klargjere kva personar og kva gjenstandar som vert omfatta av det vidare verkeområdet.
Endringsdirektivet artikkel 4 til 10a og vedlegg I fastset meir omfattande krav til medlemsstatane sin våpenkontroll. I endringsdirektivet artikkel 4 gjevast det mellom anna meir omfattande krav til merking og registrering av skytevåpen og nærare bestemte våpendelar. Det innførast også krav til at medlemsstatane skal etablere eit system for sperring og sletting av opplysingar i deira nasjonale våpenregister. Medlemsstatane skal vidare etablere eit system for registrering og kontroll med våpenhandlarar og våpenmeklarar, slik desse vert definert i endringsdirektivet artikkel 1. Endringsdirektivet set også krav til at våpenhandlarar og våpenmeklarar skal rapportere elektronisk om kva skytevåpen og vitale våpendelar som vert omsett. I endringsdirektivet artikkel 5b vert det også sett krav til at medlemsstatane etablerer ordningar for kontroll av distansehandel med skytevåpen, nærare bestemte våpendelar og ammunisjon.
Endringsdirektivet artikkel 5 og artikkel 7 fastset krav til at medlemsstatane skal ha eit system, som kan fungere løpande eller periodisk, for kontroll med tildelte våpenløyve slik at medlemsstatane tilbakekallar våpenløyvet til personar som ikkje lenger oppfyller vilkåra for løyvet. Vidare er det innført krav til at medlemsstatane skal etablere nasjonale reglar for oppbevaring av skytevåpen og ammunisjon.
I våpendirektivet er skytevåpen klassifisert i kategori frå A til D ut frå skytevåpenet sitt skadepotensiale.
Dei krav som våpendirektivet set for å kunne erverve og ha skytevåpen er gjort relative ut frå kva kategori skytevåpna tilhøyrar. I endringsdirektivet utvidast definisjonen av kva skytevåpen og våpendelar som skal vere i kategori A. Den viktigaste endringa er at halvautomatiske rifler/ hagler og pistolar, som har magasin med meir enn høvesvis ti eller 20 patronar, reknast som skytevåpen i kategori A og dermed som hovudregel vert forbodne.
Sidan forbodet er knytt til våpenet sin magasinkapasitet, set også endringsdirektivet som hovudregel forbod mot å ha våpenmagasin med større magasinkapasitet enn ti patroner for rifle/hagle og 20 for pistol. Denne endringa i kva våpentypar som skal vere i kategori A gjeld ikkje for våpen som er erverva før endringsdirektivet. Medlemsstatane kan difor vidareføre allereie tildelte våpenløyve for slike våpen og våpenmagasin.
Vidare gjevast det strengare reglar for erverv av skytevåpen og våpendelar i kategori A. Medlemsstatane kan unnataksvis gje løyve til å erverve slike skytevåpen og ammunisjon til nærare bestemte føremål, slik som museum, vern av skipsfart, våpensamlarar og liknande. For sportsskyttarar er det i artikkel 6 nr. 6 gjeve ein eigen unnataksregel med særskilte tilleggsvilkår. Medlemsstatane skal seinast kvart femte år kontrollere grunnlaget for løyva til å ha skytevåpen og våpendelar i kategori A.
Endringsdirektivet fastset som noko nytt registreringsplikt for deaktiverte skytevåpen, samt at skytevåpen som er omgjort til ikkje å kunne skyte patroner med prosjektil framleis skal tilhøyra kategorien dei var i før ombygginga. Reglane i Kommisjonen sitt gjennomføringsdirektiv 2015/2403 om strengare teknisk standardar for deaktivering av skytevåpen er også teke inn i sjølve direktivet.
Endringsdirektivet artikkel 11 til 17 fastset hovudsakleg mindre endringar i reglane om transport mellom medlemsstatane av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon, som mellom anna er ei tilpassing av gjeldande reglar i høve til den nye reguleringa av skytevåpen i kategori A. Endringsdirektivet fastset også nye reglar om korleis utveksling av opplysingar mellom medlemsstatane skal gjerast, samt at det gjevast utfyllande reglar om Kommisjonen sine fullmakter til å fastsette gjennomføringsordningar og om evaluering av våpendirektivet.
Etter artikkel 2i vedlegg II til endringsdirektivet skal medlemsstatane gjennomføre reglane i endringsdirektivet innan 14. september 2018 og sende Kommisjonen ein kopi av det nasjonale regelverket som gjennomfører direktivet. Fristen for å gjennomføre reglane om registrering av våpenhandlarar og våpenmeklarar etter artikkel 4 nr. 3, samt for å gjennomføre krava til føring, sletting og sperring av opplysingar i det nasjonale våpenregisteret etter artikkel 4 nr. 4, er likevel sett til 14. desember 2019. Vidare så er medlemsstatane gjeve ein frist til 14. mars 2021 til å innføre ny ordning med registrering av våpen som tidligare har vore registreringsfrie. Dette gjeld mellom anna skytevåpen som er deaktivert etter dei nye tekniske standarane samt registrering av hagler utan magasinlading.