5 Økonomiske og administrative konsekvensar
Gjennomføring av endringsdirektivet vil ikkje medføre vesentlege administrative eller økonomiske konsekvensar. Strengare krav til kontroll av skytevåpen og kontroll med tildelte våpenløyve vil føre til noko større arbeidsmengde for politiets våpenforvalting. Det takast sikte på at meirkostnadane vert kompensert gjennom ei gebyrordning. Meirkostnader ved registreringsplikt for deaktiverte skytevåpen vil verte dekte gjennom Justis- og beredskapsdepartementets gjeldande budsjettramme.