Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2015 under Samferdselsdepartementet
I
I statsbudsjettet for 2015 blir det gjort følgjande endringar:
Utgifter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
1300 | Samferdselsdepartementet | ||
01 | Driftsutgifter, blir redusert med | 2 000 000 | |
frå kr 173 982 000 til kr 171 982 000 | |||
21 | Spesielle driftsutgifter – utgreiingar, modernisering av transportsektoren, blir auka med | 2 000 000 | |
frå 11 977 000 til kr 13 977 000 | |||
30 | Miljø-/oljevernbase i Lofoten/Vesterålen, blir redusert med | 38 500 000 | |
frå kr 40 000 000 til kr 1 500 000 | |||
1320 | Statens vegvesen: | ||
23 | Drift og vedlikehald av riksvegar, trafikant- og køyretøytilsyn m.m., kan overførast, kan nyttast under post 29, post 30, post 31 og post 72, blir auka med | 177 000 000 | |
frå kr 10 501 517 000 til kr 10 678 517 000 | |||
30 | Riksveginvesteringar, kan overførast, kan nyttast under post 23, post 29, post 31 og post 72, blir auka med | 103 000 000 | |
frå kr 12 040 671 000 til kr 12 143 671 000 | |||
1350 | Jernbaneverket: | ||
23 | Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 30, blir auka med | 470 000 000 | |
frå kr 6 752 626 000 til kr 7 222 626 000 | |||
30 | Investeringar i linja, kan overførast, kan nyttast under post 23, blir redusert med | 252 000 000 | |
frå kr 8 139 625 000 til kr 7 887 625 000 | |||
31 | Nytt dobbeltspor Oslo–Ski, kan overførast, blir redusert med | 300 000 000 | |
frå kr 3 135 121 000 til kr 2 835 121 000 | |||
1360 | Kystverket: | ||
71 | Tilskott til hamnesamarbeid, blir redusert med | 5 000 000 | |
frå kr 10 000 000 til kr 5 000 000 |
Inntekter:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
---|---|---|---|
4320 | Statens vegvesen: | ||
02 | Diverse gebyr, blir auka med | 80 000 000 | |
frå kr 349 683 000 til kr 429 683 000 | |||
4370 (NY) | Posttenester | ||
70 | Tilbakebetaling post- og banktenester, blir løyvd med | 39 908 000 | |
4380 | Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit | ||
01 | Diverse gebyr, blir auka med | 700 000 | |
frå kr 172 778 000 til kr 173 478 000 | |||
5577 | Sektoravgifter under Samferdselsdepartementet | ||
74 | Sektoravgifter Kystverket, blir auka med | 3 500 000 | |
frå kr 831 268 000 til kr 834 768 000 |
Fullmakter til å forplikte staten utover gitte løyvingar
II
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2015 kan:
forplikte staten for framtidige budsjettår utover gitt løyving på kap. 1320 Statens vegvesen, post 30 Riksveginvesteringar, post 31 Skredsikring riksvegar, post 34 Kompensasjon for auka arbeidsgivaravgift, post 36 E16 over Filefjell og post 37 E6 vest for Alta, for investeringsprosjekt som ikkje er omtalte med kostnadsramme overfor Stortinget, likevel slik at samla ramme for gamle og nye plikter ikkje blir høgare enn 7 000 mill. kr.
forplikte staten for framtidige budsjettår utover gitt løyving på kap. 1320 Statens vegvesen, post 72 Kjøp av riksvegferjetenester, slik at ramma for gamle og nye plikter ikkje blir høgare enn 7 100 mill. kr, og slik at summen av pliktene som skal betalast kvart år, ikkje blir høgare enn 1 600 mill. kr.
Andre fullmakter
III
Tilføying av stikkord
Stortinget samtykkjer i at Samferdselsdepartementet i 2015 kan føye til stikkordet «kan overførast» på løyvinga under:
kap. 1330 Særskilde transporttiltak, post 63 Særskilt tilskott til Fornebubanen
kap. 1360 Kystverket, post 71 Tilskott til hamnesamarbeid.
IV
Fagernes lufthamn
Stortinget samtykkjer i at Avinor AS driv Fagernes lufthamn i den forfatninga lufthamna har i dag som rein charterflyplass fram til lokale eigarar tek over lufthamna, men ikkje lenger enn til 1. januar 2019, og under føresetnad av at Luftfartstilsynet forlengjer dispensasjonen og at lokalt næringsliv dekkjer delar av Avinors kostnader for å vidareføre drifta frå 2017 og halvparten av Avinors kostnader i 2018.