3 Programkategori 21.20 Luftfartsformål
Charterdrift ved Fagernes lufthamn, Leirin
Ved behandlinga av Prop. 1 S (2014–2015) og Innst. 13 S (2014–2015) slutta Stortinget seg til å avvikle ordninga med statleg kjøp av flyruta Fagernes – Oslo når kontrakten går ut 31. mars 2016. Vidare slutta Stortinget seg til at Samferdselsdepartementet kan setje i gong ein prosess med lokale styresmakter og næringsliv for å vurdere framtida og potensialet for lufthamna, medrekna den statlege eigarskapen. Utgangspunktet for prosessen er å finne ei driftsform som varetek chartertrafikken, og at det er formålstenleg med eit statleg engasjement for å sikre chartertrafikken.
Samferdselsdepartementet har i 2015 hatt fleire møte med Styringsgruppa for Leirin. Styringsgruppa ønskjer at Avinor AS skal halde fram med å drive Fagernes lufthamn, Leirin. Departementet har bedt Avinor greie ut ulike modellar for vidare drift. Avinor meiner at dei årlege kostnadene ved å drive Leirin som charterflyplass i eigen regi vil vere på mellom 10 og 11 mill. kr, men at kostnadene kan reduserast med 3 til 5 mill. kr i året viss ein privat og/eller kommunal aktør tek over eigarskapen og drifta av lufthamna. Forskjellen heng m.a. saman med at lokale aktørar vil ha større høve til å nytte lokale ressursar ved behov enn tilfellet vil vere for Avinor. Kostnadsoverslaga er usikre.
Fagernes lufthamn blir i dag drive med dispensasjon frå Luftfartstilsynet på grunn av fleire avvik m.a. på tryggleiksområdet og lysanlegga. Dispensasjonen gjeld fram til oktober 2017. Avinor meiner eit nytt lysanlegg vil koste om lag 20 mill. kr. På grunn av tilhøva ved rullebanen kan ikkje lufthamna ta imot dei vanlegaste charterflya viss dei har meir enn 75 pst. belegg. Avinor vurderte i 2010 kostnaden ved å oppgradere rullebanen, slik at charterflya kan fyllast opp, til 60–70 mill. kr. For å auke lønnsemda for charteroperatørane med å drive trafikk på Leirin, er ei slik oppgradering ønskt lokalt.
Avinor har vedteke eit ambisiøst moderniseringsprogram m.a. for å kunne sikre drift av lokale lufthamner, som gir befolkninga og næringslivet i distrikta eit flyrutetilbod. Vidare drift og store investeringar på Fagernes lufthamn vil redusere evna Avinor har til å drive resten av nettet av lokale lufthamner. Drift av ein rein charterflyplass i regi av Avinor vil dessutan innebere ei endring av Avinor-modellen. Modellen, som har fått aksept i ESA, tillèt selskapet å bruke det kommersielle overskottet for å finansiere drifta av ulønnsame lufthamner med rutetrafikk. Dette er akseptert fordi det er med på å sikre befolkninga i heile landet eit godt flytilbod. Ein rein charterflyplass er inga forbetring av transporttilbodet for innbyggjarane. Stønad gjennom Avinor-systemet vil derimot innebere ei subsidiering av eitt konkret reiselivsprodukt, og bryte med prinsippa for likebehandling. Regjeringa meiner derfor at lokale private/kommunale aktørar må ta over ansvaret for å drive Fagernes lufthamn, Leirin, som ein rein charterflyplass. Vidare legg regjeringa vekt på at private/kommunale aktørar ifølgje Avinor kan drive charterflyplassen til ein lågare kostnad.
Regjeringa meiner at Avinor AS skal drive Fagernes lufthamn som rein charterflyplass fram til lokale eigarar kan overta ho, men ikkje lenger enn til 1. januar 2019. Dette føreset forlengd dispensasjon frå Luftfartstilsynet. Avinor skal drive lufthamna i den forfatninga ho har i dag. Ei ev. oppgradering av rullebanen ligg ikkje inne i forslaget. Det blir vidare føresett at lokalt næringsliv frå 2017 skal dekkje delar av Avinors kostnader for å vidareføre drifta, og at lokalt næringsliv i 2018 skal dekkje halvparten av Avinors kostnader.
Avinor Flysikring AS – levering av konsulenttenester i utlandet
Avinor Flysikring AS blei i 2014 skipa som eit dotterselskap under Avinor AS, jf. Prop. 97 S (2013–2014) Ein del saker om luftfart, veg og jernbane. Dette er eit viktig steg på vegen til å kunne opne for konkurranse om flysikringstenester i Noreg. For å førebu seg på konkurransen må Avinor Flysikring utvikle eigen organisasjon.
Samferdselsdepartementet vil opne for at Avinor Flysikring AS kan levere konsulenttenester innanfor kjerneverksemda i selskapet også utanfor Noreg. Dette gjeld m.a. innanfor områda for fjernstyrde tårn og organiseringa av luftrommet. Fjernstyrde tårn har vore eit viktig satsingsområde for Avinor i fleire år, og selskapet har opparbeidd kompetanse som gir moglegheiter til å selje konsulenttenester i utlandet. Avinor Flysikring har også utvikla eit innflygingssystem som det har vore internasjonal interesse for.
Å opne for konsulentverksemd i utlandet vil gi Avinor Flysikring nye marknadsmoglegheiter og medverke til å byggje kompetanse i selskapet. Departementet legg til grunn at konsulentverksemd utanfor Noreg må vere lønnsam, og at det ikkje skal vere anna risiko i denne verksemda enn arbeidsinnsatsen i konsulentoppdraget.
Samanslåing av Oslo lufthavn AS og Avinor AS
Avinor AS planlegg med verknad frå 1. januar 2016 å slå saman (fusjonere) Oslo lufthavn AS og Avinor AS. Dette vil leggje til rette for betre samordning og effektivisering av lufthamnverksemda i Avinor. Samferdselsdepartementet ønskjer å leggje til rette for effektivisering av selskapet og har samtykt i samanslåinga.
Oslo lufthavn AS er i dag den einaste lufthamna i Avinor som er organisert som eit eige dotterselskap. Organiseringa kjem av at utbygginga av ny hovudflyplass på Gardermoen i si tid blei organisert som eit eige aksjeselskap. Denne organiseringa blei vidareført da Avinor AS blei etablert i 2003.