8 Post- og telekommunikasjonar
Kap. 4370 Posttenester (nytt)
Post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester
I 2014 blei det løyvd 270 mill. kr på kap. 1370 Posttenester, post 70 Kjøp av post- og banktenester. Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med dette viser eit faktisk behov i 2014 på 231 mill. kr til kjøp av post- og banktenester. Dette er 39 mill. kr lågare enn løyvinga i 2014.
Departementet legg opp til at Posten Norge AS betaler tilbake for mykje utbetalt kompensasjon og i tillegg rente på dette beløpet, jf. praksis tidlegare år. Renta er rekna til 908 000 kr. Dette inneber at Posten skal betale i alt 39,9 mill. kr som følgje av overkompensasjon i 2014.
Samferdselsdepartementet foreslår å løyve 39,9 mill. kr på kap. 4370 Posttenester, post 70 Tilbakebetaling post- og banktenester.
Kap. 4380 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit
Post 01 Diverse gebyr
I samband med lønnsoppgjeret for 2015 blei Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit tildelt 700 000 kr over kap. 1380, post 01 Driftsutgifter. Etaten er sjølvfinansierande. Kap. 4380, post 01 Diverse gebyr, må derfor aukast tilsvarande. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 4380, post 01 Diverse gebyr, med 700 000 kr.