2 Framlegg til endringar i løyvingar under kapittel og postar i 2016
Kap. 1112 Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet
Post 50 Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet
På grunn av forskingsbehov som følgje av sjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD), som rammar hjortedyr, gjer departementet framlegg om å auke løyvinga over kap. 1112, post 50 med 2 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 1137, post 50.
Kap. 4115 Mattilsynet
Post 01 Gebyr m.m.
Ifølgje dei siste prognosane vil gebyrinntektene til Mattilsynet for 2016 bli på om lag 145,9 mill. kroner, som er 11 mill. kroner under det budsjetterte. Om lag 5 mill. kroner skriv seg frå endringar innanfor kjøttkontrollen. Reduksjonen er elles knytt til forlenga frist for søknadshandsaming ved ny plantevernmiddelforordning og forseinkingar ved innkrevjing av gebyr til ny forsøksdyrforvaltning. Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 11 mill. kroner.
Kap. 1137 Forsking og utvikling
Post 50 Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd
For å dekkje inn forskingsbehov i samband med CWD, jf. kap. 1112, post 50, gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga over kap. 1137, post 50 med 2 mill. kroner.
Kap. 1142 Landbruksdirektoratet
Post 73 Tilskott til erstatningar m.m.
Løyvinga er ei overslagsløyving. Ifølgje dei siste prognosane vil det vere behov for å auke løyvinga med om lag 40 mill. kroner knytt til oppgjer i samband med tidlegare utbrott av antibiotikaresistente bakteriar (MRSA), pålagd sanering ved påvising av fotråte hos småfe og omfattande destruering av tomatplanter på grunn av viroid, som er ein virusliknande sjukdom.
Kap. 1148 Naturskade – erstatningar
Post 71 Naturskade, erstatningar
Løyvinga er ei overslagsløyving. Løyvinga for 2016 er på 182,2 mill. kroner. Tilsegn om erstatning for naturskadar blir gitt med ein gjenopprettingsfrist på 3 år. Utbetaling av erstatning skjer først når skaden er gjenoppretta.
På bakgrunn av oppdaterte prognosar for utbetalingar i 2016 og tilsegn som ikkje er innfridde per 31.12.2016, gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga på posten med 35,5 mill. kroner, og å auke tilsegnsfullmakta med 19,2 mill. kroner til 83,1 mill. kroner.
Kap. 1150 Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.
Post 71 Tilskott til erstatningar m.m.
Løyvinga er ei overslagsløyving. Ifølgje dei siste prognosane vil det i 2016 vere mindre klimarelaterte avlingsskadar enn i eit normalår. Departementet gjer difor framlegg om å redusere løyvinga med 7 mill. kroner.
Post 73 Pristilskott
Løyvinga er ei overslagsløyving. Ifølgje dei siste prognosane forventast det eit meirforbruk på om lag 190,9 mill. kroner. Av dette utgjer meirforbruk til prisnedskriving av norsk korn 144,2 mill. kroner. Også for husdyrprodukt er det registrert og prognosert auka volum som gir større forbruk på posten enn det som er budsjettert i 2016. Dei auka voluma av korn og kjøtt gir også auka forbruk over fraktordningane.
Kap. 1151 Til gjennomføring av reindriftsavtalen
Post 51 Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet
I tråd med omtale under kap. 1151, post 75, gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga over kap. 1151, post 51 med 5 mill. kroner.
Post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott
For å dekkje inn auka utgifter på posten gjer departementet framlegg om ein auke på 5,55 mill. kroner, som blir dekt inn gjennom tilsvarande reduksjon på kap. 1151, postane 51 og 79. Meirforbruket er i hovudsak knytt til dei produksjonsavhengige tilskotta.
Post 79 Velferdsordningar
I tråd med omtale under kap. 1151, post 75, gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga over kap. 1151, post 79 med 550 000 kroner.