Prop. 19 S (2016–2017)

Endringar i statsbudsjettet 2016 under Landbruks- og matdepartementet m.m.

Til innhaldsliste

Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2016 under Landbruks- og matdepartementet m.m.

I

I statsbudsjettet for 2016 blir det gjort følgjande endringar:

Utgifter:

Kap.

Post

Nemning

Kroner

1112

Kunnskapsutvikling og beredskap m.m. på matområdet

50

Kunnskapsutvikling, kunnskapsformidling og beredskap, Veterinærinstituttet, blir auka med

2 000 000

frå kr 92 327 000 til 94 327 000

1137

Forsking og innovasjon

50

Forskingsaktivitet, Noregs forskingsråd, blir redusert med

2 000 000

frå kr 256 065 000 til kr 254 065 000

1142

Landbruksdirektoratet

73

Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving, blir auka med

40 000 000

frå kr 55 610 000 til kr 95 610 000

1148

Naturskade – erstatningar

71

Naturskade, erstatningar, overslagsløyving, blir redusert med

35 500 000

frå kr 182 200 000 til kr 146 700 000

1150

Til gjennomføring av jordbruksavtalen m.m.

71

Tilskott til erstatningar m.m., overslagsløyving, blir redusert med

7 000 000

frå kr 43 000 000 til kr 36 000 000

73

Pristilskott, overslagsløyving, blir auka med

190 920 000

frå kr 2 891 530 000 til kr 3 082 450 000

1151

Til gjennomføring av reindriftsavtalen

51

Tilskott til Utviklings- og investeringsfondet, blir redusert med

5 000 000

frå kr 32 400 000 til kr 27 400 000

75

Kostnadssenkande og direkte tilskott, kan overførast, blir auka med

5 550 000

frå kr 74 650 000 til kr 80 200 000

79

Velferdsordningar, kan overførast, blir redusert med

550 000

frå kr 2 150 000 til kr 1 600 000

Inntekter:

Kap.

Post

Nemning

Kroner

4115

Mattilsynet:

01

Gebyr m.m., blir redusert med

11 000 000

frå kr 156 886 000 til kr 145 886 000

Fullmakt til å pådra staten forpliktingar ut over gitte løyvingar

II

Tilsegnsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Landbruks- og matdepartementet i 2016 kan gi tilsegn om tilskott utover gitte løyvingar, men slik at samla ramme for nye tilsegn og gammalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:

Kap.

Post

Nemning

Samla ramme

1148

Naturskade – erstatningar

71

Naturskade, erstatningar

83,1 mill. kroner

Andre fullmakter

III

Vidareføring av stikkord

Stortinget samtykkjer i at løyvinga i statsbudsjettet for 2016 under kap. 1142 Landbruksdirektoratet, post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark, framleis skal ha stikkordet «kan overførast».

IV

Fullmakt til å avvikle statlege selskap

Stortinget samtykkjer i at Staur Gård AS blir avvikla.