3 Andre saker
3.1 Tilføying av stikkordet «kan overførast»
I samband med framlegginga av Prop. 77 S (2015–2016) Reindriftsavtalen 2016/2017 og endringer i statsbudsjettet 2016 m.m. blei stikkordet «kan overførast» ved ein feil ikkje teke med i vedtakslista. Departementet gjer difor framlegg om at stikkordet blir lagt til kap. 1142, post 71 Omstillingstiltak i Indre Finnmark, kap. 1151, post 75 Kostnadssenkande og direkte tilskott og kap. 1151, post 79 Velferdsordningar.
3.2 Avvikling av Staur gård AS
3.2.1 Bakgrunn
Eigedommen Staur på Stange blei kjøpt av staten i 1960 for å nyttast til forsøksverksemd i regi av Statens kornforretning. Samstundes blei hovudbygningen bygd om for å nyttast til statleg representasjonsverksemd, jf. St. prp. nr. 91 (1959–1960). Etter at kornforretninga blei omdanna til Statkorn Holding AS, seinare Cermaq AS, blei eigedommen i 2001 ført tilbake til staten, og det blei oppretta eit nytt aksjeselskap, Staur gård AS, for å vidareføre verksemda ved eigedommen. Staten v/Landbruks- og matdepartementet eig alle aksjane, og den samla aksjekapitalen er på 1,5 mill. kroner. Forholdet mellom staten som eigar og selskapet som leigetakar av eigedommen er i dag regulert i eigen leigeavtale.
Staur gård AS har eit sektorpolitisk ansvar for å leggje til rette for forskings- og forsøksverksemd i jordbruket, og å drive eigedommen på ein best mogleg måte. Av dei viktigaste funksjonane på garden er teststasjonen for storfe i regi av Tyr/Nortura, seminstasjonen for sau i regi av Norsk sau og geit, og korn- og planteforsøk i regi av Graminor AS. Selskapet driv også gjestegarden på Staur. Eigedommen er spesiell og eigenarta, og hagen, parkanlegget og fleire bygningar er freda av Riksantikvaren. Selskapet har til oppgåve å drive eigedommen på ein rasjonell måte innanfor ramma av desse omsyna, jf. Prop. 1 S (2016–2017) for Landbruks- og matdepartementet.
3.2.2 Status
Dei seinare åra har særleg gjestegardsverksemda vore krevjande, noko som har bidrege til underskott. Samla nærmar eigenkapitalen seg no halvparten av den samla aksjekapitalen.
Førebelse tal tyder også på at det vil gå mot underskott i 2016. Underskottet er hovudsakleg knytt til gjestegardsverksemda, mens FoU-verksemda går med eit lite overskott.
På bakgrunn av denne økonomiske situasjonen fatta styret hausten 2016 vedtak om at selskapet ikkje lenger er i stand til å bere forpliktingane sine, og at vidare drift føresett at eigar tilfører selskapet kapital.
I dei seinare åra er det investert betydelege midlar til vedlikehald av eigedommen, men det er framleis eit stort bygningsmessig etterslep. Det er også utfordringar knytt til verksemda si infrastruktur og til etterleving av gjeldande brann- og redningsregelverk. Med utgangspunkt i den økonomiske situasjonen for selskapet, vil det ikkje vere mogleg å halde eigedommen i forsvarleg stand utan at dette inneber betydelege utgifter for staten.
3.2.3 Vurdering
Gjestegardsverksemda ved Staur blei opphaveleg oppretta for å dekkje statlege behov for konferansefasilitetar. Med eit auka utbod av konferansefasilitetar på det sentrale austlandsområdet og endra forventningar til desse, har selskapet sitt nedslagsfelt over tid endra seg frå å dekkje desse opphavelege behova, til å bli ein aktør som i mindre grad skil seg frå andre aktørar i konferanse- og overnattingsmarknaden.
Departementet kan ikkje sjå at det er gode nok grunnar til at staten skal ta ansvar for å leggje til rette for gjestegardsverksemd av denne typen. Det bør difor ikkje vere aktuelt å nytte statlege midlar til å tilføre selskapet kapital eller til å dekkje dei økonomiske behova som er avdekt ved eigedommen elles. Det bør heller ikkje vere ein aktuell modell å avvikle gjestegardsverksemda og samstundes drive resten av selskapet som i dag. Det vil overføre større utgifter til selskapet enn inntektene frå forsøksgarden i dag, samstundes som det vil gjere at ein stor og særprega bygningsmasse som er underlagt vern frå Riksantikvaren, blir ståande tom og ubrukt.
Staur gard er ein betydeleg eigedom på Stange, og har ein historikk som ein god arena for ulike former for samfunnsnyttig aktivitet. I lys av utviklinga som her er gjort greie for, kan departementet likevel ikkje sjå at dette er gode nok grunnar til halde fram med statleg eigarskap i dagens situasjon. Ved avvikling av selskapet vil det i etterkant bli sett i verk ein prosess for avhending av sjølve eigedommen, i tråd med avhendingsinstruksen. Departementet vil komme tilbake til dei budsjettmessige konsekvensane ved avvikling og sal i den ordinære budsjettprosessen.
I samband med avvikling av selskapet legg departementet til grunn at forpliktingane overfor dagens leigetakarar blir følgd opp i tråd med inngåtte kontraktar.
3.2.4 Framlegg
Departementet legg opp til å avvikle Staur gård AS i tråd med aksjeloven § 16, jf. framlegg til vedtak IV, med sikte på å få effektuert avviklinga i løpet av første halvår 2017. Eigedommen Staur gard vil bli seld, i tråd med avhendingsinstruksen.