4 Vegen vidare fram mot anleggsstart
Statens vegvesen tek sikte på at forslag til reguleringsplan skal være klart for å leggjast ut på høyring i løpet av første halvår 2022. I arbeidet med reguleringsplan vil Statens vegvesen sjå på veglinjer og løysingar i detalj med sikte på å redusere kostnaden og auke samfunnsnytten. Lengder på bruer og tunnelar blir sentralt i dette optimaliseringsarbeidet. Vidare blir det viktig å avklare tilhøvet til nasjonale verneinteresser og få utgreidd spørsmål kring mogeleg økologisk kompensasjon. Statens vegvesen arbeidar med siktemål om at Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal vedta reguleringsplanen i løpet av første halvår 2023.
Arbeid med kontrakts- og gjennomføringsstrategi for prosjektet er starta opp, men den er enno ikkje endeleg fastlagt. Statens vegvesen meiner at ein truleg vil velje totalentreprisar og nytte prekvalifisering med påfølgjande konkurranseprega dialog som anskaffingsform. Andre kontraktsformer kan likevel bli aktuelle for einskilde kontraktar. Statens vegvesen legg opp til tett dialog med marknaden når det gjeld val av entrepriseform, storleik på kontraktar og spørsmålet om korleis ein best kan legge til rette for og oppnå ei optimal gjennomføring av prosjektet før endeleg kontrakts- og gjennomføringsstrategi vert fastlagd. Statens vegvesen legg opp til at det hausten 2021 blir gjennomført bransjedagar med entreprenørar, rådgjevarar og leverandørar til prosjektet.
Etter at reguleringsplanen er vedteken skal det gjennomførast nytt kostnadsanslag for heile prosjektet. Deretter skal prosjektet underleggjast ekstern kvalitetssikring KS2, som grunnlag for framlegg av proposisjon til Stortinget med forslag til styrings- og kostnadsramme, finansieringsplan og gjennomføringsvedtak. Dersom reguleringsplanen blir vedteken våren 2023, kan KS2 bli gjennomført hausten 2023, og proposisjon til Stortinget kan bli fremja våren 2024.
Våren 2021 har Statens vegvesen gjennomført eit første tidsanslag for bygging av dei ulike elementa i prosjektet. Desse syner at byggetida for begge dei to store bruene i prosjektet (over Bjørnafjorden og Langenuen), samt tunnelen frå Gullholmane til Svegatjørn i Bjørnafjorden kommune truleg vil bli om lag 7 år. Alle dei andre elementa i prosjektet (tunnelar, mindre bruer og veg i dagen) kan byggast innafor desse 7 åra. Dette taler for at anleggsarbeid på begge dei to store bruene, samt den lange tunnelen i Bjørnafjorden kommune bør starte om lag samstundes, dersom heile prosjektet skal gjennomførast på så kort tid som råd er. Med oppstart av anleggsarbeid i 2027, kan prosjektet venteleg opnast i 2034. Ferjestrekningane Sandvikvåg–Halhjem og Våge–Halhjem kan ikkje leggjast ned før heile det nye prosjektet er ferdig bygd.