1 Samandrag
Under programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om netto auke på 139 mill. kroner grunna meirbehov på 159 mill. kroner til FNs fredsbevarande operasjonar og eit netto mindrebehov på 20 mill. kroner til andre organisasjonar.
Under programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp blir det gjort framlegg om omdisponeringar på til saman 662 mill. kroner. I hovudsak er omdisponeringane mogelege pga. mindre ODA-godkjende asyl- og flyktningutgifter i Noreg enn tidlegare rekna med. Dei ledige midlane blir i hovudsak foreslått løyvde til humanitær hjelp til Syria og nabolanda, men og til andre tiltak m.a. i Afrika.