2 Programområde 02 Utanriksforvaltning
Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar
Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar
Denne posten inneheld pliktige kontingentar til internasjonale organisasjonar Noreg er medlem i, og kontingentane blir utbetalt i ulike valutaer, men hovudsakeleg euro og dollar.
Det ligg an til eit tilleggsbehov på 159 mill. kroner til FNs fredsbevarande operasjonar. Dette skuldast overheng frå 2015, som er resultat av FNs 3-årige syklus for forhandlingar om bidragsskalaen. Dette gjer at betalingskravet i 2016 er 120 pst. samanlikna med eit normalår. Meirforbruket er på totalt 171 mill. kroner, av dette blir 159 mill. kroner budsjettert på kap. 116, post 70 og resterande 12 mill. kroner (ODA-delen/7 pst.) på kap. 170, post 78.
Andre justeringar (netto – 20 mill. kroner) er i hovudsak relatert til endra valutakursar målt mot norske kroner:
Nordisk ministerråd (-28,7 mill. kroner),
FNs internasjonale straffedomstolar (-9,8 mill. kroner),
NATO (+9,5 mill. kroner),
regulært bidrag til FN (-4,9 mill. kroner),
Europarådet (+6 mill. kroner),
Den internasjonale straffedomstol (+2,7 mill. kroner),
FAO (+1,6 mill. kroner),
OSSE (+1,4 mill. kroner),
OECD (+1,3 mill. kroner).
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 139 mill. kroner.