3 Programområde 03 Internasjonal utviklingshjelp
Det blir gjort framlegg om omdisponeringar på til saman 662 mill. kroner innanfor Utanriksdepartementet sin del av budsjettet for utvikling. Ledige midlar skuldast i hovudsak mindre behov til ODA-godkjende flyktningetiltak i Noreg og til kjøp av konsulenttenester.
Det blir foreslått å auke løyvinga til naudhjelp og humanitær hjelp med 500 mill. kroner. Den auka løyvinga vil bli nytta til hjelp i Syria og nabolanda. Dei humanitære behova i Syria og nabolanda er framleis svært store. I Syria har meir enn 13,5 millionar menneske behov for humanitær hjelp og meir enn 6,5 millionar er internt fordrivne. Husly for vinteren, medisinsk hjelp og naudhjelp til kringsette område er dei mest prekære behova på kort og mellomlang sikt. For folk som er på flukt i Irak er det særleg mat, vatn og husly for vinteren som er naudsynte strakstiltak.
Forslag til auka løyvingar
Kap. 150 Utviklingshjelp til Afrika
Post 78 Regionløyving for Afrika, kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 50 mill. kroner til eit kraftlinjeprosjekt i Uganda og til stabiliseringsfond for Somalia.
Kap. 163 Nødhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar
Post 70 Naudhjelp og humanitær hjelp, kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 500 mill. kroner.
Auken vil styrke responsen på dei store humanitære behova i Syria og nabolanda. Aktuelle kanalar er FNs Høgkommissær for flyktningar (UNHCR), FNs matvareprogram (WFP) og FNs barnefond (Unicef). Støtta til Den internasjonale Raude Kross-komiteen (ICRC), FNs humanitære landfond og FNs utviklingsprograms (UNDP) stabiliseringsfond (FFIS) i Irak vil også bli auka.
Kap. 164 Fred, forsoning og demokratitiltak
Post 70 Fred, forsoning og demokratitiltak, kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 2 mill. kroner til Raftoprisvinnar Yanar Mohammed sin organisasjon Organization of Women’s Freedom in Iraq (OWFI). Løyvinga vil gå til det arbeidet organisasjonen gjer for kvinner ramma av konflikt i Irak, med fokus på kvinner frå område frigitt frå ISIL. Støtta vil bli kanalisert gjennom Nobel Women's Initiative.
Kap. 170 FN-organisasjonar m.m.
Post 76 FN og globale utfordringar m.m., kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 15 mill. kroner til auka støtte til UNDPs tematiske fond for konfliktførebygging og tidleg gjenoppbygging (Fredsbyggingsfondet).
Post 77 FNs aidsprogram (UNAIDS), kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 20 mill. kroner for auka støtte til tiltak gjennom UNAIDS.
Post 78 Bidrag andre FN-organisasjonar m.m., kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 24 mill. kroner.
Tilleggsbehovet i år gjeld ODA-delen av pliktige bidrag til internasjonale organisasjonar Noreg er medlem av. Meirutgiftene skuldast i hovudsak endra valutakurs (for euro og USdollar) og meirbehov under FNs fredsbevarande operasjonar, jf. omtale under kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar ovanfor.
Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar
Post 72 Strategisk samarbeid med multilaterale utviklingsbankar og finansinstitusjonar, kan overførast
Løyvinga blir foreslått auka med 51 mill. kroner til nabolandsstøtte for Syria (Verdsbankens MENA Concessional Financing Facility), og støtte til Verdsbankens nye fleirgjevarfond for vatn.
Forslag til reduserte løyvingar
Kap. 165 Forsking, kompetanseheving og evaluering
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga blir foreslått redusert med 10 mill. kroner pga. mindre behov enn tidlegare budsjettert.
Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)
Post 21 Spesielle driftsutgifter
Etter OECD/DAC sine retningslinjer kan enkelte flyktningutgifter knytta til opphald for aysylsøkjarar og flyktningar i Noreg det første året klassifiserast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Nye overslag tilseier at dei ODA-godkjende utgiftene på bistandsbudsjettet ligg an til å bli 652 mill. kroner mindre enn tidlegare budsjettert. Det blir i denne samanhengen vist til omtale av flyktningtiltaka i Noreg i proposisjonane til Justis- og beredskapsdepartementet, Barne og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.
Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten (kap. 167, post 21) med til saman 652,047 mill. kroner.