3 Programkategori 21.20 Luftfartsformål
Kap. 1310 Flytransport
Post 70 Kjøp av innanlandske flyruter
Løyvinga går til å finansiere drift av regionale flyruter innanlands. Etter konkurranse inngår departementet fleirårige kontraktar for drift av rutene. Det er opna for å reforhandle kontraktbeløpa ved vesentlege endringar i avgiftene som flyselskapa betaler i samband med drifta av desse rutene. Etter reforhandlingar viser det seg at utgiftene vil bli lågare enn først rekna med. Kompensasjonen til flyselskapa har òg blitt noko redusert, fordi talet på kanselleringar har vore høgare enn kontraktane opnar for.
Samferdselsdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1310, post 70 Kjøp av innanlandske flyruter, med 16,8 mill. kr.
Kap. 1314 Statens havarikommisjon for transport
Post 01 Driftsutgifter
I 2019 er det løyvd 77,6 mill. kr på posten. På grunn av fleire store undersøkingar i 2019, og spesielt på grunn av helikopterulykka i Alta 31. august 2019, har budsjettbehovet for Statens havarikommisjon for transport auka.
Samferdselsdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 1314, post 01 Driftsutgifter, med 2 mill. kr.